3 Bakgrunnen for lovframlegget
Regjeringa presenterte 5. februar 2008 ein ny handlingsplan mot kjønnslemlesting (Handlingsplan 2008-2011). Handlingsplanen følgjer opp ein tidlegare handlingsplan mot kjønnslemlesting frå 2000 og skal blant anna sikre ei effektiv handheving av norsk lovverk. Eit av tiltaka som vart lansert var endring av foreldingsreglane i saker om kjønnslemlesting, slik at foreldingsfristen skal reknast frå den dagen fornærma fyller 18 år.
I Ot.prp. nr. 22 (2008-2009) om lov om endringer i straffeloven 20. mai 2005 nr. 28 (siste delproposisjon - sluttføring av spesiell del og tilpasning av annen lovgivning) vart det fremja forslag om å utsetje tidspunktet for når foreldingsfristen skal ta til for desse tilfella. Samstundes vart reglane om forbod mot kjønnslemlesting i kjønnslemlestingslova §§ 1 og 2 foreslått inntekne i straffelova 2005 §§ 284 (om kjønnslemlesting) og 285 (om grov kjønnslemlesting), der også den øvre strafferamma vart skjerpa. Det heiter i Ot.prp. nr. 22 (2008-2009) punkt 7.21 (side 267):
«Departementet mener at hensynene bak den utskutte beregningen av foreldelsesfristen også gjør seg gjeldende i saker om kjønnslemlestelse og foreslår føyd til straffeloven 2005 § 284 i oppregningen i endringsforslaget til straffeloven 2005 § 87 første ledd annet punktum.
Samlet vil det utskutte tidspunktet for foreldelsesfristens utgangspunkt etter forslaget til endringer i straffeloven 2005 § 87 første ledd annet punktum dermed gjelde for menneskehandel (§ 257), kjønnslemlestelse (§ 284), voldtekt av barn under 14 år (§ 299) og seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år (§ 302).»
Lovforslaget har også ei side til Europarådets konvensjon 25. oktober 2007 om vern av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk, som Noreg har underskrive. Artikkel 33 i konvensjonen stiller krav om at partane skal treffe tiltak for å sikre eit tilstrekkeleg tidsrom til at rettsforfølging kan innleiast etter at fornærma har vorte myndig. Sjølv om kjønnslemlesting ikkje er omfatta av Europarådets konvensjon, meiner departementet at lovforslaget i proposisjonen her fremjar siktemålet med konvensjonen artikkel 33.