2 Endringar i tilskottsreglane
I § 26 i privatskulelova er det 11 tilskottsreglar som regulerer tilskott til ulike skoleslag m.m. Som konsekvens av forslaga til endringar i tilskottsordninga, jf St meld nr 45 (1997-98), må somme av tilskottsreglane i § 26 i lova endrast. Dette gjeld tilskottsreglane 1, 3, 4, 5, 7, 8, 10 og 11.
Tilskottsregel 1
Etter denne regelen kan det givast tilskott til grunnskolar for funksjonshemma. I skoleåret 1997-98 er det fire skolar som får tilskott etter denne regelen. Statstilskottet dekkjer alle utgiftene som kjem inn under tilskottsgrunnlaget. Etter reglane er det kommunen der eleven har heimen sin, som skal gi tilskott til dekking av andre utgifter enn dei som kjem inn under tilskottsgrunnlaget. I praksis gjeld dette i første rekkje utgifter til husleige. Tilskottsregel 2 som gjeld tilskott til vidaregåande skolar for funksjonshemma, har ikkje tilsvarande regel om avgrensing i statstilskott. Statstilskottet dekkjer alle driftsutgiftene til dei vidaregåande skolane for funksjonshemma.
Utvalet fann det ikkje rimeleg at statstilskottet til private grunnskolar for funksjonshemma skulle reknast ut på annan måte enn tilskottet til private vidaregåande skolar for funksjonshemma. I tillegg hadde utvalet konstatert at det har vore somme problem i praktiseringa av tilskottsregel 1, m.a. fordi det har vore diskusjonar mellom skoleeigar og nokre kommunar om korleis pkt. b i denne regelen om at «andre driftsutgifter vert dekte ved tilskot frå den kommunen og fylkeskommunen der eleven har heimen sin» skulle oppfattast. Det er spesielt pengar til husleigebetaling slike diskusjonar har gått om. Utvalet foreslo derfor at tilskottsregel 1 blir endra, slik at staten får ansvaret for å betale husleigetilskott til private grunnskolar for funksjonshemma. Departementet stør dette framlegget.
Tilskottsregel 3
Det er ei lita, men samansett gruppe av skolar som får tilskott etter tilskottsregel 3. Regelen gjeld mellom anna for skolar som gir sjøfartsopplæring om bord i skoleskip. Utvalet gjorde her framlegg om ei endring som i hovudsak er redaksjonell eller teknisk. I privatskulelova heiter det at «vidaregåande skular som vanlegvis har sine parallellar i tilsvarande statlege skular» kan få tilskott etter denne regelen. Det er ikkje lenger parallelle statlege skolar til dei skolane som kjem inn under regelen, og utvalet gjorde derfor framlegg om at lovteksten blir endra i første leddet slik at ordet «tidlegare» kjem inn: «Vidaregåande skular som tidlegare hadde parallellar i tilsvarande statlege skular:». Departementet sluttar seg til framlegget frå utvalet.
Tilskottsregel 5
Skolar som er knytte til verksemder, og som gir yrkesutdanning, kan få tilskott etter ein spesiell klassesats. Talet på skolar som har fått støtte etter denne regelen, har alltid vore lågt. I 1998 er det berre ein skole som får tilskott. Utvalet meinte at det etter Reform 94 ikkje lenger kunne vere behov for å halde oppe regelen om tilskott til skolar knytte til verksemder, og foreslo at denne regelen blir oppheva.
Av høyringsinstansane gav Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) og Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) uttrykk for at tilskottsregel 5 ikkje bør takast bort no, eventuelt at ein ser ei slik avgjerd i samband med evalueringa av Reform 94. Departementet er samd med utvalet i at det etter Reform 94 ikkje er behov for ein særregel i privatskulelova som sikrar tilskott til skolar i verksemder. Departementet foreslår derfor å ta bort tilskottsregel 5.
Tilskottsregel 8
Denne tilskottsregelen gjeld norske grunnskolar i utlandet. Det spesielle ved tilskottet til desse skolane er at det er basert på timesatsar, og ikkje på ein sats per år per elev slik tilskottet til private grunnskolar i Noreg er. Tilskottssystemet for norske grunnskolar i utlandet byggjer på det tilskottssystemet som tidlegare galdt for tilskott til kommunale grunnskolar i Noreg.
Grunnskolar i Noreg og vidaregåande skolar i Noreg og i utlandet får sine tilskott rekna ut på basis av kostnadene i den offentlege skolen. Utvalet fann at den måten tilskotta til private grunnskolar i utlandet blir rekna ut på, er komplisert og gir skolane dårleg innsyn i tilskottsutrekninga. Utvalet gjorde derfor framlegg om at grunnskolane i utlandet i prinsippet skulle få tilskott etter same mønster som grunnskolar i Noreg, og at første ledd i tilskottsregel 8 blir utforma slik:
«Skulane får tilskot med ein prosentdel som departementet fastset, av 85 pst. av vanlege driftsutgifter til all godkjent undervisning som går inn under lov 13. juni 1969 nr. 24. Tilskotet vert knytt til ein sats per elev særskilt for barnesteget og ungdomssteget rekna ut for grunnskular i Noreg, jf. tilskotsregel 7.»
Departementet vil peike på at lærarar ved skolane i utlandet har krav på dei same løns- og arbeidsvilkåra som lærarar i norske skolar innanlands. Sidan størstedelen av kostnadene ved skolane er løn, vil kostnadene i utanlandsskolane normalt følgje kostnadene i norske skolar i Noreg. Departementet går difor inn for at norske grunnskolar i utlandet skal få tilskott etter same utrekningsmåten som gjeld for private grunnskolar i Noreg.
Tilskottsregel 10
Etter denne regelen er det mogleg å gi tilskott til kompletterande undervisning til norske elevar ved utanlandske og internasjonale grunnskolar, og statstilskott til delvis dekking av skolepengar for norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar. I den seinare tid har det kome opp spørsmål om også elevar frå EØS-land har rett til tilskot etter denne regelen. Utanriksdepartementet har slege fast at elevar som er barn av EØS-statsborgarar som arbeider i Noreg, har rett til tilskot til etter dei same retningslinene som gjeld for norske statsborgarar. På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om ei endring i denne tilskottsregelen.
Tilskottsregel 11
Denne regelen gjeld betaling av pensjonsinnskott for undervisningspersonale i private grunnskolar. Høybråten-utvalet gjorde ikkje framlegg om endringar i denne tilskottsregelen. Etter at utvalet la fram utgreiinga si, er grunnskolelova endra, jamfør Ot prp nr 26 (1997-98) og Innst O nr 8 (1997-98), slik at staten ikkje lenger skal betale pensjonsinnskott for dei kommunale skolane direkte til Statens pensjonskasse. På denne bakgrunnen går departementet inn for at staten heller ikkje skal betale innskota for dei private skolane direkte til Pensjonskassa. Tilskott til pensjonsinnskott skal i staden gå inn i tilskottssatsane.