3 Bruk av statstilskottet og skolepengane
Det er lovfest at «alle offentlege driftstilskott skal koma elevane til gode» (§ 27, første ledd). I NOU 1995: 18 Ny lovgivning om opplæring (Smith-utvalet) er spørsmålet om bruken av skolepengar drøfta nærmare. Smith-utvalet konkluderte med at regelen i § 27, første ledd burde førast vidare, og at han burde ha denne utforminga: «Alle offentlige tilskudd og egenandeler fra elevene skal komme elevene til gode.» Fleirtalet i Smith-utvalet gav denne grunngivinga for å utvide § 27, første ledd:
«Utvalgets flertall foreslår også å videreføre dagens lovbestemmelse om at statstilskuddet skal komme elevene til gode. Dette bør etter flertallets oppfatning også omfatte egenandelene. Det understrekes imidlertid at også bruk av egenandeler til annet enn de utgifter statstilskuddet skal dekke, vil kunne anses for å komme elevene til gode, f.eks. utgifter til skolebygg.»
Spørsmålet om kva statstilskottet skal kunne nyttast til, har vore drøfta i ulike samanhengar, mellom anna i Innst O nr. 2 (1992-93) Innstilling fra kirke- og undervisningskomiteen om lov om endring i lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova), jf Ot prp nr. 89 (1991-92). Grunngivinga frå Smith-utvalet harmonerer med vurderinga i odelstingsproposisjonen frå 1992. I proposisjonen peika departementet på at omgrepet «tilskottsgrunnlag» dekkjer utgiftskategoriar som er klart definerte, medan «driftsutgifter» blir nytta med eit vidare innhald og skal oppfattast slik ein gjer det i normalspråket, det vil seie at dei utgiftene som drifta av ei verksemd fører med seg, ligg i dette omgrepet. Til dømes er husleigekostnader ein del av driftsutgiftene ved privatskoledrift, men dei er ikkje med i tilskottsgrunnlaget som er basis for utrekning av statstilskottet til skolane.
I Høybråten-utvalet vart spørsmålet om det skal vere krav om at også skolepengane skal brukast slik at dei kjem elevane til gode drøfta, og det vart sett i samanheng med kapitalutgifter og husleigeutgifter. Eit samla utval fann det rett å tilrå at § 27, første ledd burde få denne forma: «Alle offentlege tilskott og skulepengane skal koma elevane til gode.» For eit fleirtal i utvalet var ei utviding av § 27, første ledd ein føresetnad for at også skolepengar skulle kunne nyttast til eit investeringsfond, jamfør nedanfor.
Departementet er samd i at privatskulelova bør setje krav til at også skolepengane skal komme elevane til gode, og stør difor framlegget om ei endring av § 27, første ledd som foreslått av Smith-utvalet, og som Høybråten-utvalet slutta seg til. Første leddet i § 27 vil da lyde: «Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal koma elevane til gode.» I samsvar med ordlyden i utgreiinga frå Smith-utvalet har departementet valt omgrepet «eigendelar», fordi det etter denne ordlyden er klart at regelen om at midlane skal kome elevane til gode, gjeld all betaling frå elevane til skolen.
I NOU 1997: 16 er spørsmålet om kva driftstilskottet frå staten kan nyttast til, drøfta inngåande. Spesielt grensegangen mellom kapitalutgifter og husleige m.m. i høve til andre driftsutgifter vart nøye vurdert av utvalet. Fleirtalet i utvalet meinte at driftstilskottet må kunne nyttast til å dekkje avskrivingar på bygg etter dei reglane som gjeld for finansrekneskapen, rente på framandkapitalen og vedlikehaldsutgifter. Fleirtalet gjorde framlegg om at dei private skolane årleg kan setje av i eit investeringsfond for skolen ein sum som svarar til skolepengane, avgrensa til 15 pst av tilskottsgrunnlaget til skolen. Eit vilkår for å føre over midlar til eit slikt fond, er at elevane får eit fullverdig undervisningstilbod, og at skolen elles held tilfredstillande standard.
Mindretalet i utvalet slutta seg ikkje til framlegget om at tilskottsmidlar og eigenbetaling kan nyttast til avskrivingar, og heller ikke at det kan setjast av pengar i eit investeringsfond.
Dei fleste høyringsinstansane som har gitt fråsegn slutta seg til fleirtalssynet om at tilskottsmidlar kan nyttast til avskrivingar, vedlikehald og renter på framandkapital når skolen sjølv eig skolelokala, eller dei er eigde av ein nærståande part.
Departementet meiner i samsvar med tilrådinga frå fleirtalet i utvalet at det kan setjast av eit beløp som svarar til 15 pst av satsen for utrekning av statstilskottet. Det er ein føresetnad at desse fondsmidlane blir brukte til investeringar som kjem elevane til gode. Departementet vil i forskrift til privatskulelova gi reglar som opnar for at skolane kan setje av midlar til investeringsfond. Det vil bli gitt reglar om oppbygging av fondet, bruken av fondsmidlane, bruk av fondsmidlane når ein skole vert nedlagd, og kontroll med fondet. Departementet vil følgje med i økonomien til privatskolane, og dersom det viser seg at skoleeigarane over tid samlar opp store midlar i fond som ikkje kjem elevane til gode, vil departementet vurdere ordninga på nytt.
Eit anna spørsmål som har samanheng med bruken av statstilskottet, er overføring av unytta midlar frå eit år til det neste. Eit samla utval fann det rimeleg at privatskolane får høve til å føre over opp til ti pst. av statstilskottet. Statlege verksemder kan føre over opp til fem pst. av ei løyving. Når utvalet gjekk inn for at privatskolane skulle få nytte ein høgare prosent, hadde det samanheng med at skolane sjølve må syte for å ha reservemidlar i tilfelle uventa eller ikkje planlagde utgifter skulle komme på. Overførte driftstilskott skal berre kunne nyttast til å dekkje driftsutgifter i det neste rekneskapsåret.
Departementet meiner at hovudregelen må vere at tilskotta skal komme dei elevane til gode som har utløyst midlane. Det er likevel rimeleg at skolane kan setje av noko av midlane for å kunne møte svingingar i utgifter og framtidige ekstraordinære utgifter. Departementet sluttar seg difor til framlegget frå utvalet om at det normalt bør kunne førast over inntil ti pst av motteke tilskott frå eit rekneskapsår til det neste. Overførte driftstilskott skal berre kunne nyttast til å dekkje driftsutgifter i det neste rekneskapsåret.
Rekneskapstekniske reglar om bruk av statstilskott og elevpengar vil bli gitt i forskrift til privatskulelova.