6 Merknader til reglane
Til § 25. 4
Det er gjort framlegg om å endre denne regelen for å gjere han meir smidig i bruk. Departementet meiner det ikkje er rimeleg å dra attende godkjenninga ved mindre brot på vilkåra. På den andre sida kan det ved alvorlege brot vera naudsynt å dra attende godkjenninga straks.
Reaksjonsføresegner som går meir direkte på økonomiske tilhøve vil bli tekne inn i forskrift til privatskulelova. Det vil bli gitt føresegner om at departementet kan halde tilskott tilbake til dess ein mangel blir retta, at departementet kan krevje tilbakebetalt tilskott som er utbetalt på grunnlag av urette eller mangelfulle opplysningar, og at departementet kan krevje heile eller deler av tilskottet tilbakebetalt dersom statstilskott eller elevpengar blir nytta i strid med føresetnadene.
Til § 26
Tilskottsregel nr 1
Forslaget til endringa i denne tilskottsregelen går ut på at grunnskolar for funksjonshemma skal få tilskott på same grunnlaget som vidaregåande skolar for funksjonshemma. Den praktiske konsekvensen av endringa blir at private grunnskolar for funksjonshemma kan få statstilskott til også å dekkje husleigeutgifter.
Tilskottsregel nr 3
Forslaget er av teknisk art. Det finst i dag ikkje statlege skolar som kan seiast å vere parallellar til skolar som kan få tilskott etter denne regelen. Det bør derfor gå klart fram av tilskottsregelen at statlege vidaregåande skolar med parallellar til tilskottsregel 3-skolar ikkje eksisterer.
Tilskottsregel nr 4
Som ein konsekvens av at det blir gjort framlegg om å sløyfe tilskottsregel nr 5, må det gjerast ei redaksjonell endring i første ledd i tilskottsregel nr 4. Tilvisinga til regel 5-skolane må takast ut.
Tilskottsregel nr 5
Det blir gjort framlegg om å sløyfe denne tilskottsregelen.
Tilskottsregel nr 7
På grunn av at tilskottsregel 11 blir oppheva, er det naudsynt å gjere ei endring i tilskottsregel 7, slik at det kjem fram at tilskotta skal dekkje 100 pst av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskott i offentlege skolar.
Tilskottsregel nr 8
Etter framlegget til endring i tilskottsregel 8, skal grunnskolar i utlandet få tilskott etter same utrekningsmåten som gjeld for tilskott til private grunnskolar i Noreg.
Tilskottsregel nr 10
Reglane om tilskott til skolepengar og tilskott til kompletterande undervisning er først og fremst retta mot norske statsborgarar. For å unngå at tilskottsregelen kjem i konflikt med plikter Noreg har teke på seg gjennom EØS-avtalen, er det naudsynt å endre lovteksten, slik at også statsborgarar i andre EØS-statar i visse høve kan få tilskott. Departementet vil gje nærare reglar om dette i forskrift til privatskulelova. Regelen inneber ikkje noka plikt for staten til å gje tilskott, men dersom det blir gitt tilskott, har statsborgarar i andre EØS-statar i visse høve har rett til dei same ytingane som norske statsborgarar får.
Tilskottsregel nr 11
På bakgrunn av at staten ikkje lenger betaler pensjonsinnskotta for dei offentlege grunnskolane, blir det gjort framlegg om å oppheve tilskottsregel 11, slik at staten heller ikkje skal betale pensjonsinnskotta for dei private grunnskolane. Tilskott til pensjonsinnskott skal i staden gå inn i tilskottssatsane for tilskottsregel 1, 7 og 8, slik at tilskotta dekkjer 100 pst av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskott i offentlege skolar.
Framlegget inneber ikkje noka endring i betaling av pensjonsinnskott for vidaregåande skolar. I privatskulelova slik ho er no heiter det i § 26 tilskotsregel nr 11 at arbeidsgivardelen for private vidaregåande skolar «vert betalt på same måte som for perosnalet i den offentlege vidaregåande skulen». Departementet betaler ikkje pensjonsinnskott for dei offentlege skolane direkte til Pensjonskassa og skal difor heller ikkje betale for dei private. Tilskott til pensjonsinnskott går inn i tilskottsgrunnlaget på vanleg måte, slik at satsane dekkjer 85 pst.
§ 27, første ledd
Den endringa som det blir gjort framlegg om her, vil sikre at både statstilskottet og skolepengane som elevar betaler, skal komme elevane til gode. Dette er den sentrale regelen i privatskulelova om korleis driftstilskottet frå staten til privatskolane skal kunne nyttast. Departementet vil heretter leggje til grunn det synet som utvalsfleirtalet kom fram til når det gjeld bruk av tilskottsmidlar og skolepengar til kapitalutgifter og husleige m.m, og vil i forskrift opne for at skolane kan setje av inntil 15 pst av tilskottsgrunnlaget til investeringsfond. Departementet er også samd i at det etter forskrift normalt bør kunne førast over inntil ti pst av motteke tilskott frå eit rekneskapsår til det neste.