Ot.prp. nr. 95 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endring i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endring:

I

§ 28 skal lyde:

Gjer særlege grunnar at det kom til å verta særs urimeleg om heile eigedomsskatten vart innkravd, kan skatten setjast ned eller ettergjevast av formannskapet.

II

Endringa under I tek til å gjelde straks.

Til forsida