9 Oppheving av særlege regler om avrunding
Av omsyn til å gjere utrekninga av skatten enklare, var det tidlegare ei generell avrundingsordning til hele 100 eller 1000 kroner for beløp som blir fastsett som ledd i berekning av skatten. Etter utviklinga av omfattande maskinelle løysingar er det ikkje lenger behov for slike avrundingar. I samsvar med forskrift 05.08.1984 nr. 1259 til likningslova er hovudregelen no for lengst at alle fastsetjinger skjer med eksakt kronebeløp. Denne forskrifta gjeld når ikkje anna følgjer av særskilde reglar i skattelovgjevinga.
Dei fleste reglane om avrunding til 100 eller 1000 kronar er derfor oppheva, men det står igjen to reglar om dette i skattelova. Det gjeld skattelova § 6-32 første ledd bokstav c, om minstefrådrag, og § 17-1 tredje ledd om skatteavgrensing for pensjonistar mv. Etter § 6-32 første ledd bokstav c skal grunnlaget for utrekning av minstefrådrag rundast ned til næraste 100 kroner. Etter § 17-1 tredje ledd skal det berekna tillegget i alminneleg inntekt på grunn av formue rundast av til næraste heile 100 kroner.
Departementet foreslår å oppheve desse to særlege lovreglane. Dette vil gjere at alle beløp ved likninga handsamast likt etter forskrifta til likningslova. Reglane blir enklare, og det same gjeld praktiseringa. Endringane vil føre til marginale endringar for dei skattytarar som har vært omfatta av disse reglane. Samla provenytap er truleg om lag 4 mill. kronar. Ein visar til forslag til endringar i skattelova § 6-32 første ledd bokstav c til e og § 17-1 tredje ledd.
Departementet foreslår at endringane blir gjort med verknad frå og med inntektsåret 2009. Det vil seie at reglane første gang vil bli brukt generelt under likninga neste år for inntektsåret 2009, og i enkelte høve ved tidlegare førehandslikningar for 2009.