3 Skatterettsleg handsaming av ansvar for kostnader til disponering av innretningar i petroleumsverksemd
3.1 Innleiing
I Ot.prp. nr. 48 (2008-2009) foreslår Olje- og energidepartementet endringar i petroleumslova som inneber at deltakar som overdreg del i eit utvinningsløyve, blir subsidiært økonomisk ansvarleg for kostnader til å gjennomføre eit framtidig vedtak om disponering av innretning brukt i petroleumsverksemd. Det subsidiære ansvaret for den tidlegare eigaren er avgrensa til kostnader ved gjennomføringa av disponeringsvedtaket etter frådrag for skatteverdien av kostnadene. Olje- og energidepartementet sitt forslag byggjer på ein føresetnad om at tidlegare eigar ikkje skal ha rett til skattefrådrag for utbetaling knytt til det subsidiære ansvaret, og at det mottekne oppgjeret ikkje skal være skattepliktig inntekt for dei andre deltakarane. Det er fordi sjølve ansvarsbeløpet er rekna som ein «etter skatt-verdi», sidan verdien av frådrag for kostnaden ved inntektslikninga for deltakaren som har dekt kostnaden ikkje er med i kravet til den tidligare eigaren. Finansdepartementet foreslår her endringar i petroleumsskattelova § 3 ny bokstav j i samsvar med føresetnadene om skatterettslig handsaming i Ot.prp. nr. 48 (2008-2009).
3.2 Bakgrunn
Lov 29. november 1996 nr. 72 om petroleumsvirksomhet (petroleumslova) kapittel 5 inneheld reglar om avslutting av petroleumsverksemd på norsk sokkel. Etter petroleumslova § 5-3, jf. § 5-1, kan Olje- og energidepartementet mellom anna fastsetje vedtak om disponering av innretningar når verksemda på feltet blir avslutta.
Deltakar og eigar er ansvarleg for at vedtak om disponering blir gjennomført, jf. petroleumslova § 5-3 andre ledd. Deltakarane i eit utvinningsløyve er prinsipalt proratarisk, subsidiært solidarisk ansvarleg for deltakargruppa sine skyldnader, jf. samarbeidsavtalen artikkel 7.
I Ot.prp. nr. 48 (2008-2009) foreslår Olje- og energidepartementet endringar i petroleumslova. Forslaget til petroleumslova § 5-3 nytt tredje ledd inneber at deltakar som overdreg del i eit utvinningsløyve blir subsidiært økonomisk ansvarleg for kostnader ved å gjennomføre eit framtidig disponeringsvedtak knytta til den overdregne eigardelen. Sjå Ot.prp. nr. 48 (2008-2009) punkt 2.5, 3.5 og 6.5 for ei nærmare utgreiing av lovforslaget.
I Ot.prp. nr. 48 (2008-2009) punkt 6.5 skriv Olje- og energidepartementet mellom anna om forslaget:
«Rettighetshaver og eier er i henhold til annet ledd ansvarlig for at vedtak om disponering blir gjennomført. Dersom en eller flere av disse ikke er i stand til å innfri sine forpliktelser kan de gjenværende rettighetshaverne kreve at en tidligere rettighetshaver som har overdratt hele eller deler av sin andel etter at denne bestemmelsen trådte i kraft, innfrir sine forpliktelser i henhold til bestemmelsen. De gjenværende rettighetshavere må først uttømme de muligheter som samarbeidsavtalen gir for innkalling av midler før det subsidiære ansvaret kan gjøres gjeldende.
Det subsidiære ansvaret for tidligere rettighetshaver er et økonomisk ansvar. Det anses ikke praktisk å pålegge tidligere rettighetshaver et ansvar for å gjennomføre vedtak om disponering da tidligere rettighetshaver ikke nødvendigvis lenger har en relevant organisasjon.»
Etter forslaget til petroleumslova § 5-3 nytt tredje ledd tredje punktum skal det subsidiære ansvaret for den tidlegare deltakaren være avgrensa til kostnader ved gjennomføringa av disponeringsvedtaket etter frådrag for skatteverdien av kostnadene. I Ot.prp. nr. 48 (2008-2009) punkt 2.5 skriv Olje- og energidepartementet om dette:
«Disponeringskostnadene for de gjenværende rettighetshavere vil være fradragsberettigede eller fremførbare i tråd med de alminnelige skatteregler for virksomheten. Staten vil således bære den vesentligste del av disponeringskostnadene. Tilsvarende vil kostnadene knyttet til garantistillelse som må forventes etablert mellom partene som følge av et slikt vilkår, i stor grad belastes staten. Både industrien og staten har således en interesse av at slike garantikostnader ikke blir unødvendig høye. Dersom det subsidiære ansvaret begrenses til «etter skatt»-kostnaden vil kostnadene knyttet til garantier reduseres vesentlig. Departementet har på denne bakgrunn kommet til at det subsidiære ansvaret for tidligere rettighetshaver skal begrenses til den fremtidige netto disponeringskostnad etter fradrag for skatteverdien av kostnadene.
Forslaget om å begrense det subsidiære ansvaret til «etter skatt»-kostnaden av disponeringen, bygger på en forutsetning om at det ikke gis skattemessig fradrag for utbetaling knyttet til det subsidiære fjerningsansvaret. Tilsvarende forutsettes at mottatt oppgjør iht. dette ansvaret ikke anses som skattepliktig inntekt. En slik skattemessig behandling av oppgjøret knyttet til det subsidiære ansvaret innebærer en endring i petroleumsskatteloven som departementet legger til grunn vil bli vurdert og fremmet i løpet av våren 2009. Utover dette innebærer ikke endringen noen særskilt skattemessig behandling av kostnadene knyttet til gjennomføring av disponeringsvedtaket.»
3.3 Vurderingar og forslag frå departementet
Kostnader til å gjennomføre eit disponeringsvedtak etter petroleumslova kapittel 5 blir normalt tilordna deltakarane etter eigardel i utvinningsløyvet. Deltakar sin del av disponeringskostnadene kjem til frådrag i grunnlaget for særskatt og alminneleg inntekt etter dei generelle reglane i skattelova og petroleumsskattelova.
Det subsidiære ansvaret for den tidlegare eigaren etter forslaget til petroleumslova § 5-3 nytt tredje ledd er avgrensa til kostnader som er knytt til gjennomføringa av disponeringsvedtaket etter frådrag for skatteverdien av desse kostnadene, sjå Ot.prp. nr. 48 (2008-2009). Forslaget forutset at kostnader som den tidlegare eigaren har til å dekkje det subsidiært økonomiske ansvaret ikkje skal kome til frådrag for skatteformål. Ei slik løysing kan til døme være praktisk når kravet bli fremma mot ein tidlegare eigar som ikkje lenger er skattepliktig til Noreg. Vidare byggjer forslaget på at dei andre deltakarane ikkje skal være skattepliktig for det mottekne oppgjeret.
I samsvar med det som er lagt til grunn i Ot.prp. nr. 48 (2008-2009) foreslår departementet at kostnader til å dekkje eit subsidiært økonomisk ansvar etter petroleumslova § 5-3 nytt tredje ledd ikkje skal kome til frådrag i alminneleg inntekt og i grunnlaget for særskatt, sjå forslag til § 3 ny bokstav j første punktum i petroleumsskattelova.
Vidare foreslår departementet at oppgjer frå tidlegare eigar etter petroleumslova § 5-3 nytt tredje ledd ikkje skal gå inn i grunnlaget for særskatt og alminneleg inntekt for deltakarane som mottek oppgjeret. Departementet viser til forslag til petroleumsskattelova § 3 ny bokstav j andre punktum.
Utover dette skal kostnader til å gjennomføre eit disponeringsvedtak bli behandla etter dei alminnelege skattereglane.
Forslaget her forutset at Stortinget slutter seg til forslaget i Ot.prp. nr. 48 (2008-2009) om nytt tredje ledd i petroleumslova § 5-3.
3.4 Iverksetjing
Forslaget til nytt tredje ledd i petroleumslova § 5-3 skal gjelde for overføringar av utvinningsløyve som blir godkjend etter at lovendringane trer i kraft, jf. Ot.prp. nr. 48 (2008-2009) punkt 6.5. Endringane i petroleumslova § 5-3 trer i kraft frå den tid Kongen fastset.
Dei tilhørande skatteendringane bør gjerast verknad frå og med same tidspunkt. Departementet foreslår at endringa i petroleumsskattelova skal gjelde frå den tid departementet fastset.
3.5 Økonomiske og administrative følgjer
Departementet foreslår at tidlegare deltakarar ikkje får rett til skattefrådrag for krav etter den nye regelen i petroleumslova. Deltakargruppa skal ikkje skattleggjast for slik inntekt. Endringane vil ikkje ha provenymessige konsekvensar for staten.