1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I proposisjonen fremjar Nærings- og handelsdepartementet (departementet) forslag til lov om endring av lov om offentlig støtte av 27. november 1992 nr. 117 (lov om offentleg stønad). Forslaget gjennomfører nødvendige lovendringar som følgje av at nye prosedyrereglar i saker om offentleg stønad er tekne inn som vedlegg til Overvakings- og domstolsavtalen (ODA) protokoll 3. I tillegg foretas det i protokoll 26 i EØS-avtalen om avgjerdsmakt og oppgåve for overvakingsorganet i EFTA i samband med statsstøtte ei hemnvisning til forordninga.
Lov om offentleg stønad med tilhøyrande forskrifter gjev først og fremst departementet visse middel til å handheve reglar om offentleg stønad i internasjonale avtalar, her medrekna eit pålegg til norske stønadsytarar om å melde planlagde stønadstiltak til departementet. Forslaga til endringar i lov om offentleg stønad tek for det første sikte på å gje heimel for innføring av ein særskild foreldingsfrist for tilbakebetalingskrav i stønadssaker. For det andre er det med forslag til ein ny regel om kontrollbesøk hos stønadsmottakar. Dette er ei ny kontrollordning samanlikna med gjeldande rett, men tilsvarer det som alt finst på konkurranseretten sitt område. I tillegg har departementet sett behov for å presisere ordlyden i regelen om tilbakebetaling av stønad.