6 Merknader til dei enkelte reglane i lov om offentleg stønad
Til § 1 tredje ledd
Bestemmelsen gjev Kongen heimel til å gje forskrifter om gjennomføring av reglane om offentleg stønad, herunder ny forskrift om gjennomføring av alle reglane i det nye prosedyreregelverket. Sjå og merknadene i kapittel 2.2.
Til § 3:
Denne bestemmelsen gjennomførar forordninga i artikkel 22. Etter forslaget kan EFTAs overvakingsorgan krevje tilgang til eigedom som tilhører det aktuelle føretaket, be om munnlige forklaringar på staden, kontrollere bøker og andre forretningspapir samt ta eller be om kopier. I tillegg kan overvakingsorganet krevje munnlige forklaringar på staden.
Overvakingsorganet i EFTA kan etter første ledd gjennomføre kontrollbesøk hos stønadsmottakar når overvakingsorganet er i alvorleg tvil om kor vidt vedtak med omsyn til individuell støtte etterkommes. Regelen gjev det aktuelle føretaket ei korresponderande plikt til å gje opplysningar til overvakingsorganet i samband med kontrollbesøk.
Omgrepet «alvorleg tvil» er ikkje nærmare definert i forordninga. Det må vere overlate til overvakingsorganet sitt skjønn å vurdere om det ligg føre alvorleg tvil i det enkelte tilfellet. Det går fram av andre ledd at ved kontroll av om det aktuelle vedtaket er overhalde, skal representantar frå EFTAs overvakingsorgan, som har fullmakt, ha rett til å få tilgang til alle eigedom som tilhøyrer det aktuelle føretaket. Representantane for overvakingsorganet kan også kontrollere bøker og andre forretningspapir, under dette også datafiler. I tillegg kan dei ta eller be om kopiar av eller utdrag frå bøker og forretningsdokument. Overvakingsorganet har i denne samanhengen rett til å stille eigne spørsmål til representantane for føretaket. Regelen pålegg også som nemnt stønadsmottakar ei korresponderande plikt til å gje opplysningar.
Departementet vil etter tredje leddet vere sikra høve til å vere til stades under kontrollbesøk så langt reglane i EØS-avtalen gjev dei rett til dette. Det departementet som er ansvarleg for den aktuelle stønadsordninga, kan i denne samanhengen få høve til å vere til stades under dei undersøkingane overvakingsorganet gjer på staden. Departementet kan også peike ut andre til å ta del i dei undersøkingane overvakingsorganet gjer på staden.
Departementet kan vere til stades innanfor «dei rammene EØS-avtalen set». Sjølve kontrollen skal utførast av overvakingsorganet i EFTA. Sjølv om departementet også får rett til å vere til stades når overvakingsorganet er på kontrollbesøk får departementet ikkje rett til å delta i sjølve kontrollen.
Overvakingsorganet skal i god tid varsle nasjonale styresmakter skriftleg om kontrollen og om identiteten til dei representantane og dei sakkunnige som har fått fullmakt til å gjennomføre kontrollen. Dersom nasjonale styresmakter har ei grunngjeven innvending mot dei sakkunnige som overvakingsorganet har valt, skal dei sakkunnige nemnast opp etter avtale med nasjonale styresmakter.
Representantane for overvakingsorganet og dei sakkunnige skal ved framkomsten også leggje fram ei skriftleg fullmakt utforma av EFTAs overvakingsorgan som viser til gjenstanden og formålet med kontrollen. Vidare skal overvakingsorganet også gje nasjonale styresmakter ein kopi av rapportar som blir utarbeidde på bakgrunn av kontrollen.
Til § 4:
Departementet legg også fram forslag om bevissikring i saker om kontrollbesøk overfor stønadsmottakar. Krav om løyve til bevissikring skal leggjast fram for forhøyrsretten på førehand. Bakgrunnen for dette er at stønadsmottakar i motsett fall vil kunne hindre overvakingsorganet i å utføre ein kontroll på staden.
Det eksisterer langt på veg tilsvarande reglar i konkurranselova § 6-2, og EØS-Konkurranselova § 3 gir Konkurranselova § 6-2 tilsvarande anvendelse. Sjølv om § 6-2 ikkje gjeld direkte i saker om offentleg stønad er formuleringane i forslagets § 4 ein kopi av § 6-2 1. ledd 2-5 punktum, 2. ledd siste punktum og 3. ledd.
I medhald av straffeprosessloven § 200 skal tingrettens beslutning leses opp eller førevisas før bevissikringsbegjæringa setjast i verk. Forvaltningslova § 15 fyrste ledd krev også at formålet med bevissikringa skal meddelast før bevissikringa startar. Kravet blir lagt fram for tingretten på den staden der det mest praktisk kan skje. Det blir gjort framlegg om at forhøyrsretten skal treffe si avgjerd utan at den som avgjerda gjeld, får høve til å uttale seg, og at han ikkje skal få melding om avgjerda før bevissikringa blir sett i verk.
Utgangspunktet etter andre leddet er at overvakingsorganet i EFTA skal setje i verk bevissikringa på eiga hand. Konkurransetilsynet kan likevel krevje hjelp av politiet dersom stønadsmottakar set seg imot undersøkingane frå overvakingsorganet. Men hjelp frå politiet er berre tenkt til den situasjonen der dei som er gjenstand for ein kontroll, prøver å hindre den praktiske gjennomføringa av avgjerda i retten.
Til § 5:
Regelen avløyser noverande § 3. Formålet med endringa er å gjere det klart at all stønad som fell inn under verkeområdet for loven, her medrekna indirekte stønad, også kan vere gjenstand for krav om tilbakeføring etter § 4.
Dei engelske omgrepa som blir nytta i regelen om tilbakeføring i prosedyreforordninga, har omsetjingsalternativ som passar betre til stønad i form av indirekte fordelar enn dei norske omgrepa «utbetale» og «tilbakebetaling». Ein føreslår derfor ei presisering av heimelen ved å endre desse omgrepa. Omgrepet «utbetalt» blir skifta ut med omgrepet «tildelt», som i denne samanhengen dekkjer det engelske omgrepet «award». «Tilbakebetaling» blir skifta ut med «tilbakeføring». Prosedyreforordninga nyttar her omgrepet «recovery» i den engelske versjonen.
Regelen i tredje ledd andre punktum er ny og gjev heimel for å fråvike alminnelege lovreglar om forelding i saker som fell inn under lov om offentleg stønad. Slike alminnelege foreldingsreglar finst til dømes i foreldingsloven og skattebetalingsloven. Reglane i forordninga må etter EØS-avtalen artikkel 7 gjennomførast ord for ord. Dette inneber at regelen som overvakingsorganet i EFTA har om ein tidsfrist på 10 år i stønadssaker, heilt ut vil bli teken inn i forskrifta om offentleg stønad.