2 Bakgrunnen for lovforslaget
2.1 Forordning (EF) nr. 659/1999 - «Prosedyreforordninga»
Forordning (EF) nr. 659/1999 av 22. mars 1999 (prosedyreforordninga) fastset nærmare reglar for praktisering av artikkel 93 (noverande art. 88) i EF-traktaten på området som gjeld statsstønad. Forslaget gjennomfører som nemnt nødvendige lovendringar som følgje av at nye prosedyrereglar i saker om offentleg stønad er tekne inn som vedlegg til Overvakings- og domstolsavtalen (ODA) protokoll 3. Prosedyreforordninga blei innlemma i EØS-avtalen gjennom EØS-komiteen si avgjerd nr. 164/2001 av 11. desember 2001 om endring av protokoll 26 i EØS-avtalen om avgjerdsmakt og oppgåve for EFTAs overvakingsorgan i samband med statsstønad. Det foretas her ei hemnvisning til rådsforordninga. Ettersom gjennomføring av forordningen i norsk rett krev lovendringer, vart det tatt forbehald om Stortingets samtykke til EØS-komiteens avgjerd, jf. Grunnloven § 26.
Prosedyreforordninga gjeld - med tilpassa tekst - den retten og plikta overvakingsorganet innanfor EFTA har til kontinuerleg å granske stønadsordningane hos medlemslanda. Artikkel 62(b) i EØS-avtalen fastset at det er overvakingsorganet innanfor EFTA som skal føre tilsyn med statsstønadsordningane i EFTA-landa. Overvakingsorganet i EFTA har derfor fått same kompetanse som Kommisjonen har til å undersøkje stønadsordningar etter EF-traktaten artikkel 88, jf. EØS-avtalen protokoll 26, samanhalde med ODA artikkel 24 og protokoll 3, som i hovudsak tilsvarer artikkel 88 i EF-traktaten.
Formålet med dei nye prosedyrereglane er å få klarare og meir effektive reglar for bruken og handhevinga av reglane om offentleg stønad, og dessutan gjere heile området for offentleg stønad meir ope for innsyn og betre rettstrygda for partane.
Regelverket inneheld ei presisering av kompetansen til EFTAs overvakingsorgan og detaljerte prosedyrereglar. Prosedyrereglane speglar i stor grad av gjeldande praksis frå overvakingsorgana, EF-domstolen og EFTA-domstolen. Regelverket byggjer på reglar som tidlegare har lege føre som ikkje-bindande retningslinjer vedtekne av EFTAs overvakingsorgan og Kommisjonen, men no med ein betre lovstruktur. Ei markant utviding av avgjerdsmakta hos overvakingsorganet ligg likevel i vedtektene om overvaking/kontroll der det blir lagt opp til å gjere kontrollen av stønad meir effektiv. Her blir det opna for at EFTAs overvakingsorgan kan gjennomføre kontrollbesøk hos stønadsmottakarar.
2.2 Gjennomføring av forordninga
Forordninga skal gjennomførast i norsk rett ved at det gis ei ny forskrift om gjennomføring av dei reglane EØS-avtalen har om offentleg stønad av 4. desember 1992 (forskrifta) gjeven med heimel i lov om offentleg stønad. Både lov om offentleg stønad og forskrifta inneheld visse prosedyrereglar i dag. Nokre av forskriftsreglane må likevel skiftast ut eller endrast. Forskriftsheimlar som gjeld i dag, er ikkje utfyllande nok til å heimle alle reglane i det nye prosedyreregelverket. Dette gjeld reglane om foreldingsfrist og kontrollbesøk overfor stønadsmottakarar. Det er derfor også behov for endringar i lov om offentleg stønad.
2.3 Særleg om behovet for klarare heimel for tilbakebetaling
Departementet har etter 10 års erfaring med EØS-avtalen og Lov om offentleg stønad sett behov for å presisere ordlyden i stønadsloven § 3 om tilbakebetaling av stønad. Det er stilt spørsmål ved om regelen dekkjer fullt ut dei EØS-pliktene han er meint å dekkje. Departementet har derfor funne det rett å føreslå ei endring av denne regelen samstundes med at det blir gjort lovendringar i samband med prosedyreforordninga.
2.4 Høyring
Prosedyreforordninga har vore handsama i EØS-spesialutvalet for offentleg stønad. Noreg har kome med merknader til overvakingsorganet i EFTA og til EFTA-sekretariatet på fleire stadium i prosessen.
Eit høyringsutkast til denne Ot. prp. vart sendt på høyring til alle departementa samt HSH, LO og NHO. I tillegg har Konkurransetilsynet og Regjeringsadvokaten hatt utkastet på høyring.
Dei fleste høyringsinstansane hadde ingen merknadar til lovutkastet. Justis- og politidepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet og Konkurransetilsynet hadde nokre merknader til utforminga av reglane om kontroll på staden. Disse merknadane har blitt tatt omsyn til og er innarbeida i den endelige odelstingsproposisjonen.