Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 — Utgiftskapittel: 800–868, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3854, 3855, 3856, 3858, 3859

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudmål og politiske prioriteringar

Regjeringas forslag til statsbudsjett for 2010 for Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) omfattar programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk og programområde 28 Foreldrepengar.

BLD har følgjande hovudmål for sine politikkområde:

  1. Ein trygg økonomisk og sosial situasjon for barnefamilien.

  2. Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom.

  3. Full likestilling mellom kvinner og menn.

  4. Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av seksuell orientering, funksjonsevne, alder, etnisitet og religion.

  5. Eit samfunn utan vald i nære relasjonar.

  6. Gode og trygge rammevilkår for forbrukarane.

  7. Ei kvalitetsbevisst, effektiv og open barne-, familie- og forbrukarforvalting.

1.1 Ein trygg økonomisk og sosial situasjon for barnefamilien

Regjeringa har styrkt fedrane sin rett til foreldrepengar; fedrekvoten er utvida frå seks til ti veker frå 1. juli 2009. Samtidig er stønadsperioden for foreldrepengar auka med to veker til 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent kompensasjon. Fleire fedrar tek foreldrepermisjon, og fleire tek meir enn fedrekvoten. Regjeringa har òg sendt ut på høyring ei utgreiing om korleis ein kan sikre fedrar rett til lønn under to veker omsorgspermisjon i samband med fødsel og omsorgsovertaking og sikre mødrer rett til lønn under ammefri. Det er eit viktig mål for departementet at fedrar tek ut meir foreldrepermisjon enn i dag. Departementet føreslår derfor å gi rett til fedrekvote der begge foreldra har tent opp rett, uavhengig av mora sin stillingsdel i oppteningstida, med verknad for fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2010. Dette vil gi om lag 1 500 fleire fedrar enn i dag rett til fedrekvote. Dette vil vere eit viktig bidrag til å styrkje rolla til fedrane som omsorgspersonar og gjere tilknytinga til arbeidslivet for fedrane og mødrene meir lik.

Regjeringa har lagt fram ein lovproposisjon Ot.prp. nr. 104 (2008- 2009) med forslag til endringar i barnelova som skal leggje til rette for at barn, trass i samlivsbrot mellom foreldra, kan halde ved lag og utvikle god kontakt med begge foreldra. Regjeringa har styrkt familievernet, som er grunnstamma i hjelpetilbodet til familiar i samband med samlivsproblem og konfliktar i parforhold. Regjeringa vil styrkje tilboda til barn og unge som opplever sterke konfliktar i heimen i samband med samlivsbrot. Det vil bli gitt midlar til samtalegrupper, til å stimulere til auka samarbeid mellom kommunale tenester og til å fange opp barn og unge som treng særskilt oppfølging på eit tidleg tidspunkt.

Det blir òg arbeidd med tiltak for å dempe konfliktnivået mellom foreldre i samband med samlivsbrot, mellom anna å bidra til fleire avtalar utan domstolsbehandling. Det er sett i gang evaluering av meklingsordninga.

Departementet vil halde fram med ein gjennomgang av familieverntenesta for å vurdere om ho i tilstrekkeleg grad er tilpassa behova til brukarane, både med omsyn til tenesteutforming, arbeidsoppgåver, organisering, kompetanse og ressursar. Arbeidet vil bli stilt ferdig i 2010.

Det er framleis nedgang i talet på barn med kontantstøtte; det var gjennomsnittleg vel 8 000 færre i 2008 enn i 2007. Dette har samanheng med at fleire eitt- og toåringar har fått plass i barnehage. Regjeringa har sendt ut på høyring ei utgreiing om stans av ytingar og barnebidrag ved barnebortføring.

Regjeringa vil framleis prioritere gode vilkår for barnefamiliane, mellom anna gjennom å føre vidare økonomiske overføringsordningar som foreldrepengar og barnetrygd. Kontantstøtteordninga blir ført vidare. For regjeringa er det ei viktig målsetjing at dei økonomiske støtteordningane, så vel som bidragsregelverket, i størst mogleg grad byggjer opp under eit likestilt foreldreskap mellom foreldra.

1.2 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

BLD vil bidra til gode tilbod og tenester til barn og ungdom. Forholda i heim og nærmiljø er viktige for trivselen, tryggleik og utviklinga til barn og unge. Der familien ikkje strekk til, har samfunnet ei plikt til å sikre barn og unge gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår.

Òg i 2008 auka talet på barn og unge som fekk hjelp frå barnevernet. Departementet gjennomførte kompetansestyrkingstiltak for tilsette i barnevernet. Kompetansestyrkinga var retta inn mot arbeid med barn som lever med vald i familien, barn av psykisk sjuke og rusmisbrukande foreldre og barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar. Ein landsdekkjande alarmtelefon for barn som er utsette for vald, overgrep eller vanstell, vart opna i juni 2009. Departementet styrkte innsatsen for å betre samarbeidet mellom ulike tenester for utsette barn og unge. Til dømes gav BLD og Kunnskapsdepartementet ut ei rettleiing om samarbeid mellom barnehage og barnevernsteneste. Gjennom endringar i barnevernlova i 2009 er rettane til utsette barn blitt ytterlegare styrkte. Samstundes er det framleis utfordringar knytte til mellom anna å sikre tidleg intervensjon frå barnevernet i høve til barn som treng hjelp. Departementet vil òg arbeide for å heve kompetansen hos tilsette i kommunalt og statleg barnevern og for at barn med samansette problem skal få betre og meir samordna hjelp.

Etter at det statlege barnevernet hausten 2007 overtok omsorgsansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, har det kome stadig fleire barn i denne gruppa. Ved utgangen av 2008 var det 157 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år under omsorga til det statlege barnevernet. I juni i 2009 var dette talet auka til 212. Grunna den auka tilstrøyminga har det blitt nødvendig å opprette nye omsorgssenter. I tillegg til Eidsvoll og Skiptvet omsorgssenter er det opna avdelingar på Ringerike, i Alstadhaug, på Gjøvik og i Grue.

Det er venta at Bufetat i 2010 vil ha ansvaret for gjennomsnittleg 320 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. I tillegg til at det skal opnast eitt nytt omsorgssenter, vil det vere nødvendig å kjøpe plassar av private ideelle og kommersielle tiltak. For å sikre at omsorgs- og behandlingstiltaka som blir gitte av private, er likeverdige tilbodet i dei statlege omsorgssentra, utarbeider Bufdir kriterium for godkjenning av private omsorgssenter. Det er viktig at barna som har fått opphald blir busette raskt i kommunane, slik at dei kan byrje sine liv i Noreg. Det er uheldig at dei barna som har opphaldsløyve blir buande i omsorgssentra over lengre tid, men dei høge tala på asylsøkjarar til Noreg er ei utfordring i busettingsarbeidet. 2010-budsjettet er føreslått styrkt med 222,4 mill. kroner grunna auken i talet på barn i denne gruppa samanlikna med saldert budsjett for 2009.

I 2010 ventar ein framleis ein auke i talet på opphaldsdagar i det statlege barnevernet. Løyvinga til det statlege barnevernet blir styrkt som ei følgje av dette. Arbeidet med vidareutvikling av tenestetilbodet i barnevernet vil bli ført vidare og styrkt.

Mange barn og unge har til dels store og samansette problem. Barna har ofte behov for hjelp frå fleire tenester. For å gi heilskapleg og koordinert hjelp tidleg nok er det trong for eit betre samarbeid mellom tenestene, både på statleg og kommunalt nivå. BLD sette derfor i 2008 ned eit offentleg utval som går igjennom korleis tenestene kan samarbeide betre. Innstilling frå utvalet skal liggje føre ved årsskiftet 2009/2010, og BLD vil deretter vurdere forslaga til utvalet og oppfølging av desse. Tiltaka og metodane som barnevernet bruker, skal så langt som mogleg vere kunnskapsbaserte og ha dokumenterbare effektar. Dette føreset ei vidare satsing på forsking, eit breitt samarbeid mellom forsking og praksis, og vidareutvikling av samarbeidet med utdanningsinstitusjonane og aktuelle arbeidstakarorganisasjonar. Departementet vil helde fram med arbeidet for å styrkje kompetansen i det kommunale barnevernet.

I NOU 2009:8 Kompetanseutvikling i barnevernet la ei ekspertgruppe fram forslag til kvalitetsutvikling av studium og studiemiljø. BLD vil vurdere oppfølginga av utgreiinga i samarbeid med Kunnskapsdepartementet. Departementet vil arbeide vidare med å spreie kunnskap om barnevernstenesta til tenesta sine samarbeidspartnarar som til dømes barnehage og skole.

Departementet vil i 2010 styrkje arbeidet mot rus i barnevernet gjennom kompetanseheving og utvikling av gode tiltak. Målsetjinga er å avdekkje problema tidlegare og setje i verk tiltak.

I samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet fører BLD vidare satsinga for å betre hjelpetilbodet retta mot barn av rusmisbrukande foreldre og/eller barn som har foreldre som er psykisk sjuke.

Departementet vil vurdere korleis utgreiinga frå det offentlege utvalet som vart sett ned for å gjere ein heilskapleg gjennomgang av adopsjonsfeltet skal bli følgt opp. Utvalet har mellom anna sett nærmare på oppgåvene og ansvaret til styresmaktene på dette feltet, og utgreiinga har omfatta både innanlandsadopsjon og utanlandsadopsjon.

Regjeringa har vedteke å styrkje og sikre barns rettar gjennom ei betre overvaking av gjennomføringa av FNs konvensjon om barnerettane. Fleire tiltak er sette i verk. Mellom anna er det oppretta eit dialogforum mellom barne- og likestillingsministeren og ungdomsrepresentantar. Det er òg oppretta eit kontaktforum mellom dei departementa som har eit fagansvar for barnekonvensjonen. Desse vil bli førte vidare i 2010. BLD har gjennomført opplæringstiltak og informasjonstiltak og planlegg å føre dette arbeidet vidare i 2010.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken. BLD støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet som organisasjonane utfører. Støtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unges deltaking og engasjement. Kontakten og dialogen med barne- og ungdomsorganisasjonane vil halde fram gjennom jamlege kontaktmøte og den årlege kontaktkonferansen. Det vil òg bli lagt vekt på kontakt med forskingsmiljø kring frivillig arbeid og barn og ungdoms deltaking.

Ei ekspertgruppe som fekk i oppdrag å greie ut ungdoms moglegheiter for eit positivt fritidsmiljø og deltaking og medverknad lokalt, la fram utgreiinga si våren 2009. Gruppa kom med ei rekkje forslag, og utgreiinga har vore ute på offentleg høyring. BLD vil i 2010 arbeide vidare med forslaga til ekspertgruppa.

Den særskilte satsinga retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem, gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir ført vidare. Det blir gitt stønad til ferie- og fritidstiltak og til tiltak som kan bidra til betre tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning, og stønad til meir langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem. BLD vil òg føre vidare tiltak mot barnefattigdom gjennom barnevernstenesta i 29 utvalde kommunar. Arbeidet skal gjennomførast i samarbeid med Bufdir og Helsedirektoratet, som har ei liknande satsing mot fattigdom knytt til sosialtenesta. Arbeidet inngår i regjeringa sin Handlingsplan mot fattigdom.

BLD vil føre vidare den særskilte satsinga retta mot ungdom i alderen 15-25 år som står utanfor opplæring og arbeidsliv (Unge utenfor). Som eit ledd i satsinga har åtte kommunar/bydelar sett i gang utviklingsarbeid for å utvikle arbeidsmåtar og samarbeidsformer som gjer at ungdom kjem i opplæring eller arbeid. Det er vidare sett i gang utgreiingar og forsking for å utvikle meir kunnskap. Erfaringar og kunnskap frå arbeidet vil bli spreidde gjennom konferansar og publikasjonar.

1.3 Full likestilling mellom kvinner og menn

Regjeringa si prioritering av arbeidet for likestilling mellom kvinner og menn blir ført vidare. BLD har ei særleg pådrivarrolle for å integrere kjønns- og likestillingsperspektivet på alle politikkområde og forvaltingsnivå.

Kvart departement med underliggjande verksemder skal utvikle strategiar og tiltak for å fremme likestilling mellom kjønna.

Stortingsmeldinga om menn, mannsroller og likestilling som blei behandla av Stortinget våren 2009, er eit viktig grunnlagsdokument for likestillingsarbeidet. Meldinga inneheld mange tiltak retta mot menn. Desse tiltaka skal bidra til å styrkje mannsrolla og fremme likestilling mellom kjønna, for eksempel utvikling av eit landsdekkjande tilbod til fedrar om pappagrupper med sikte på å styrkje foreldreskap og farsrolle. Eit anna eksempel er utgreiing om korleis gutar bruker det kommersielle valdstilbodet, og om gutars valdsforståing og valdsutøving. BLD vil følgje opp meldinga i 2010.

Likelønnskommisjonen si utgreiing NOU 2008:6 Kjønn og lønn. Fakta, analyser og virkemidler for likelønn har vore ute på brei høyring. Det er etablert ei partssamansett arbeidsgruppe som skal føreslå tiltak for å jamne ut lønnsforskjellane mellom kvinner og menn i staten.

BLD vil følgje opp arbeidet til statlege verksemder med å leggje til rette for at medarbeidarane får moglegheit til å kombinere deltaking i arbeidslivet og omsorga for barn.

Departementet vil føre vidare innsatsen i det regionale likestillingsarbeidet. I 2010 vil departementet følgje opp dei regionale sentra for likestilling, og ein skal her mellom anna sjå på korleis ein kan ta hand om og organisere det regionale likestillingsarbeidet frå 2011.

Departementet vil framleis halde ein høg profil i det internasjonale samarbeidet på familie- og likestillingsområdet. BLD vil, saman med andre departement og frivillige organisasjonar, førebu markeringa av 100-årsjubileet for allmenn stemmerett i 2013.

1.4 Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av seksuell orientering, funksjonsevne, alder, etnisitet og religion

Ansvaret for å koordinere arbeidet for likestilling og mot diskriminering på ulike grunnlag ligg i BLD. BLD forvaltar store delar av likestillings- og diskrimineringslovgivinga og har eit pådrivaransvar. Det er eit mål å sjå dei ulike diskrimineringsgrunnlaga i samanheng.

Diskrimineringslovutvalet la 19. juni 2009 fram eit lovforslag i NOU 2009:14 Et helhetlig diskrimineringsvern. Utgreiinga er sendt ut på brei høyring.

Regjeringa har lagt fram Handlingsplan for bedre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar 2009–2012, Handlingsplan for universell utforming og økt tilgjengelighet 2009–2013 og Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering 2009–2012. Tiltaka vil bli gjennomførte i samarbeid med ei rekkje ulike aktørar, som til dømes fleire departement, kommunar, organisasjonar og partane i arbeidslivet.

I Ot.prp. nr. 79 (2008–2009) har regjeringa lagt fram forslag til lovendringar som inneber at forskjellsbehandling på grunn av seksuell orientering eller kjønn i trossamfunn skal vere sakleg begrunna. Det er òg føreslått å lovfeste forbod mot å spørje om graviditet, adopsjon og familieplanlegging i ein tilsetjingsprosess.

Regjeringa vil følgje opp aktivitets- og rapporteringsplikta for private og offentlege verksemder etter likestillingslova og dei andre diskrimineringslovene. Fylkesmennene og dei regionale sentra for likestilling vil vere viktige partar i dette arbeidet.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein proposisjon om ratifisering av FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne i vårsesjonen 2010.

Regjeringa gav i 2009 frå seg ein rapport i samsvar med FNs rasediskrimineringskonvensjon og vil i 2010 òg rapportere i medhald av FNs kvinnekonvensjon.

1.5 Eit samfunn utan vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar er ein alvorleg trussel mot liv og helse. Den nye lova om krisesentertilbod, som blir sett i kraft 1. januar 2010, slår fast at det er eit kommunalt ansvar å syte for at personar som er utsette for vald i nære relasjonar, får vern, hjelp og oppfølging. Det statlege tilskotet til krisesenterdrift vil bli innlemma i rammetilskotet til kommunane frå 2011. For 2010 vil tilskot til krisesenter halde fram som ei øyremerka ordning. Løvingsforslaget gir rom for vidareføring av aktivitetsnivået frå 2009 med ein statleg finansieringsdel på 80 prosent av driftsutgiftene. Regjeringa føreslår at den statlege løyvinga i 2010 blir styrkt med 67 mill. kroner til endringar og forbetringar i krisesentertilbodet for å tilfredsstille krava i lova.

Det er gjennomført ei evaluering av incestsentra sine tilbod, organisering og samarbeid med hjelpeapparatet. Evalueringa omfatta òg den landsdekkjande incesttelefonen. Det er eit mål for regjeringa å styrkje tilbodet til incestutsette. Evalueringa av incestsentra vil, saman med andre faglege innspel, leggje grunnlaget for å vurdere behovet for endringar i incestsentra sine tilbod, organisering og samarbeid med hjelpeapparatet elles, med tanke på ei styrking av tilbodet, òg til menn.

Regjeringa sin innsats mot kjønnslemlesting er styrkt. I 2009 har tre kommunar som ei prøveordning gitt tilbod om samtale og underlivsundersøking til alle jenter og kvinner som kjem frå område der førekomsten av kjønnslemlesting ifølgje Verdas helseorganisasjon er 30 prosent eller meir. Frå 2010 skal dette tilbodet gjerast gjeldande på landsbasis. Arbeidet med å gjennomføre tiltaka i handlingsplanane til regjeringa mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap held fram i 2010. Arbeidet skal følgjeevaluerast i planperioden. Tiltaka i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar og arbeidet mot menneskehandel blir gjennomførte i samarbeid med Justis- og politidepartementet og andre involverte aktørar.

I tråd med Soria Moria- erklæringa har regjeringa starta arbeidet for å gjere hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar landsdekkjande, mellom anna ved auka støtte til stiftinga Alternativ til vold (ATV) og til Bufetat region nord. Tilskotet til ATV vil bli ført vidare. I Finnmark, der det ikkje er eit eige ATV-kontor, skal familievernet i samarbeid med ATV gi eit hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar. BLDs tilskot til ATV og Bufetat må sjåast i samanhang med Justis- og politidepartementets auka løyvingar til ATV.

1.6 Gode og trygge rammevilkår for forbrukarane

Regjeringa vil føre ein politikk som sikrar forbrukarane ei sterk stilling i samfunnet, medverkar til at forbrukarane blir informerte og opplyste, og fremmer eit forbruk som er sosialt og miljømessig berekraftig. Ei samla oversikt over alle tiltaka som har ei forbrukarpolitisk innretting, innanfor alle sektorar, er gitt i regjeringa sitt forbrukarpolitiske handlingsprogram 2008–2009, som vart lagt fram i juni 2008.

På dei fleste områda har norske forbrukarar gode og vel definerte rettar. Ikkje desto mindre er det viktig med informasjon og moglegheiter for å klage, slik at rettane også blir oppfylde i praksis.

Nokre saker dei seinare åra, til dømes salet av såkalla strukturerte spareprodukt, viser at det er behov for jamleg å halde auge med forbrukarane si stilling i ulike marknader. Dette gjeld særleg når marknader blir endra, anten gjennom innovasjon eller som følgje av nye konkurransetilhøve.

Ei undersøking frå 2008 viser at den belastinga på miljøet som forbruket til norske hushald representerer, målt som økologisk fotavtrykk, har vore svakt aukande dei siste 20 åra. Det betyr at meir miljøtilpassa teknologi, og folk sine forsøk på å handle miljøvennleg, er blitt meir enn vege opp av konsekvensane av det auka forbruket.

Finansportalen (finansportalen.no), som blei etablert i 2008 for å betre informasjonen til forbrukarane om sparing, lån og forsikring, vil bli utvikla vidare i regi av Forbrukarrådet. I 2010 vil det mellom anna bli lansert ei marknadsoversikt over pengeoverføringstenester til ulike land, med regelbunden prisoppdatering.

Departementet vil leggje vekt på at også personar med nedsett funksjonsevne får god forbrukarinformasjon.

Departementet vil medverke til at skolane innanfor Kunnskapsløftet gir elevar kunnskapar om berekraftig forbruk, reklame, kjønnsroller, kjøpepress, personleg økonomi og digitale medium. Elevane skal bli i stand til å opptre som medvitne og sjølvstendige forbrukarar.

For at forbrukarane skal kunne leggje vekt på etiske, sosiale og miljømessige aspekt ved produkta eller produksjonen, må det finnast lett tilgjengeleg, standardisert og kvalitetssikra informasjon om dette. Slik informasjon kan mellom anna bli formidla gjennom ulike merkeordningar. Departementet vil derfor gjennom stiftelsen Miljømerking medverke til å styrkje og utvikle vidare dei offisielle miljømerka, Svanen og Blomen.

Utanrettsleg handsaming i Forbrukartvistutvalet (FTU) og nemnder er eit rimeleg og effektivt alternativ til domstolshandsaming av forbrukartvistar. Departementet vil derfor greie ut korleis ein kan utvikle FTU og dei bransjevise klagenemndene vidare for å få til eit meir heilskapleg og effektivt system for å løyse slike tvistar.

Departementet vil ta vare på norske forbrukarinteresser gjennom samarbeid med dei andre nordiske landa og gjennom arbeid overfor EU/EØS og OECD.

1.7 Ei kvalitetsbevisst, effektiv og open barne-, familie- og forbrukarforvalting

Departementet vil sikre ei kvalitetsbevisst, effektiv og open barne-, likstillings- og forbrukarforvalting gjennom effektiv styring, organisering og drift av sektoren.

Eit eksempel på tiltak for å betre effektiviteten i forvaltinga er etableringa av Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker som ein eigen etat med økonomi- og resultatansvar underlagt BLD. Sjå nærmare omtale under kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker.

2 Oversikt over budsjettforslaget for BLD

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

Administrasjon

800

Barne- og likestillingsdepartementet

110 863

117 900

118 301

0,3

Sum kategori 11.00110 863117 900118 3010,3

Tiltak for familie og likestilling

830

Foreldrerettleiing

3 498

840

Krisetiltak

246 022

260 093

349 418

34,3

841

Samliv og konfliktløysing

27 736

31 535

33 545

6,4

842

Familievern

299 459

315 017

324 563

3,0

843

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

1 977

2 247

2 272

1,1

844

Kontantstøtte

1 690 236

1 472 000

1 418 000

-3,7

845

Barnetrygd

14 558 364

14 590 000

14 820 000

1,6

846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

61 740

59 442

66 494

11,9

847

Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

182 252

203 492

210 003

3,2

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

30 843

48 574

51 128

5,3

Sum kategori 11.10

17 102 127

16 982 400

17 275 423

1,7

Tiltak for barn og ungdom

850

Barneombodet

10 346

10 309

12 423

20,5

852

Adopsjonsstønad

12 531

20 045

16 677

-16,8

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

118 276

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

536 621

650 123

668 393

2,8

855

Statleg forvalting av barnevernet

4 613 233

4 650 765

4 931 508

6,0

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

184 615

384 150

580 500

51,1

857

Barne- og ungdomstiltak

187 102

211 318

198 600

-6,0

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

192 314

201 041

224 935

11,9

859

EUs ungdomsprogram

6 533

6 893

6 962

1,0

Sum kategori 11.20

5 743 295

6 134 644

6 758 274

10,2

Forbrukarpolitikken

860

Forbrukarrådet

91 654

94 137

105 449

12,0

862

Positiv miljømerking

4 341

4 532

4 677

3,2

865

Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

26 071

25 151

13 028

-48,2

866

Statens institutt for forbruksforsking

25 010

25 660

26 481

3,2

867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

6 248

7 449

7 536

1,2

868

Forbrukarombodet

21 413

19 533

20 888

6,9

Sum kategori 11.30

174 737

176 462

178 059

0,9

Sum programområde 11

23 131 022

23 411 406

24 330 057

3,9

Stønad ved fødsel og adopsjon

2530

Foreldrepengar

12 366 821

12 856 500

14 216 000

10,6

Sum kategori 28.50

12 366 821

12 856 500

14 216 000

10,6

Sum programområde 28

12 366 821

12 856 500

14 216 000

10,6

Sum utgifter

35 497 843

36 267 906

38 546 057

6,3

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

01-23

Drift

5 441 529

5 631 454

6 120 996

8,7

30-49

Nybygg og anlegg

32 203

63 288

64 997

2,7

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

182 217

206 269

220 848

7,1

60-69

Overføringar til kommunar

659 227

798 723

1 040 559

30,3

70-98

Overføringar til private

29 182 667

29 568 172

31 098 657

5,2

Sum under departementet

35 497 843

36 267 906

38 546 057

6,3

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

Administrasjon

3800

Barne- og likestillingsdepartementet

2 535

Sum kategori 11.002 535

Tiltak for familie- og likestilling

3842

Familievern

5 246

900

560

-37,8

3846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

1 266

Sum kategori 11.106 512900560-37,8

Tiltak for barn og ungdom

3850

Barneombodet

550

3854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

16 413

35 623

51 917

45,7

3855

Statleg forvalting av barnevernet

974 634

997 622

999 046

0,1

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

135 200

254 000

424 928

67,3

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

5 156

433

433

0,0

3859

EUs ungdomsprogram

3 817

2 300

2 300

0,0

Sum kategori 11.201 135 7701 289 9781 478 62414,6

Forbrukarpolitikken

3867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

49

3868

Forbrukarombodet

1 667

Sum kategori 11.30

1 716

Sum programområde 11

1 146 533

1 290 878

1 479 184

14,6

Sum inntekter

1 146 533

1 290 878

1 479 184

14,6

2.2 Postar med stikkordet kan overførast

Under Barne- og likestillingsdepartementet blir stikkordet føreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2009

Forslag 2010

846

79

Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid

10 247

847

71

Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming

20 484

857

73

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

1 802

47 078

857

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv.

8 358

33 698

859

01

Driftsutgifter

3 177

6 962

865

21

Spesielle driftsutgifter

1 173

8 644

865

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk

1 687

4 384

2.3 Meirinntektsfullmakter

BLD føreslår at departementet i 2010 kan:

overskride løyvinga på

mot tilsvarande meirinntekter under

kap. 842 post 01

kap. 3842 post 01

kap. 855 post 01

kap. 3855 postane 01, 02, 03 og 60

kap. 856 post 01

kap. 3856 post 01

kap. 858 post 01

kap. 3858 post 01

kap. 859 post 01

kap. 3859 post 01

kap. 868 post 01

kap. 3868 post 01

Til forsida