Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 — Utgiftskapittel: 800–868, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3854, 3855, 3856, 3858, 3859

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

105 137

111 940

112 150

21

Spesielle driftsutgifter

5 726

5 960

6 151

Sum kap. 800

110 863

117 900

118 301

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Effektiv organisering og drift av departementet og tilknytte etatar

Samsvar mellom prioriteringar og ressursar

Departementet har sett i verk tiltak for å gi eit best mogleg samsvar mellom oppgåveprioritering, ressursallokering og bruk av den samla kompetansen i departementet. Departementet har mellom anna ein ressursbank som inneber at ein viss del av fellesmidlane ikkje blir fordelte ved starten av året, men blir brukte seinare i budsjettåret til høgt prioriterte oppgåver der ein treng styrking av kapasitet og kompetanse.

Fleire avdelingar har heilt eller delvis teke i bruk nye måtar å arbeide på slik at det er faggrupper og lag som er dei sentrale arbeidseiningane. Formålet er mellom anna å gjere det lettare å trekkje på relevant kompetanse og ressursar på tvers av det tradisjonelle hierarkiet. Dei nye arbeidsformene har blitt evaluerte, og det er gjort justeringar i strukturar og arbeidsprosessar.

Etter overføring av IKT-drifta til Servicesenteret til departementa (DSS) i 2006 har DSS drifta IKT-systema til departementet. I 2008 blei nyutvikla, standardiserte IKT-løysingar tekne i bruk.

Styringa frå departementet av tilknytte etatar medverkar til rasjonell drift innanfor rammer og regelverk

Departementet har gjennom styringsdialog og tildelingsbrev lagt vekt på at verksemdene skal leggje opp si eiga drift på ein rasjonell måte. Det har vore lagt ned særleg mykje arbeid i etatstyringa av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, som er den største verksemda. Frå 1. januar 2009 vart ansvaret for omboda overført frå fagavdelingane til Plan- og administrasjonsavdelinga for å sikre ein meir einsarta styringsdialog med desse.

Alle verksemder er i gang med å etablere system for risikovurdering og risikostyring, men implementeringa er ikkje fullt ut gjennomført i alle verksemdene. Departementet følgjer opp dette arbeidet overfor verksemdene.

Ivaretaking av kjønnsperspektivet

Departementet har sett i verk tiltak som skal bidra til at kjønnsperspektivet skal bli meir innarbeidd, mellom anna gjennom førebuing av denne proposisjonen og gjennom at det blir lagt vekt på den interne kjønnsbalansen i departementet ved tilsettingar.

Relevant informasjonsformidling om politikkområda til BLD

Høg informasjonsberedskap basert på informasjonsstrategien til BLD

I samband med stortingsmeldingar, proposisjonar, høyringar, reformer og den aktuelle samfunnsdebatten har departementet gjennomført fleire omfattande informasjonstiltak. Fagavdelingane sine planar for verksemda er gjennomgått jamleg for å avdekkje informasjons- og kommunikasjonsbehov.

BLD har i aukande grad lagt vekt på kommunikasjonselementet og elektronisk informasjon.

Departementet har elles informert direkte gjennom kanalar som seminar, møte og konferansar, og i samarbeid med organisasjonar og andre etatar. BLDs heimeside bld.dep.no og det elektroniske magasinet Familia har i 2008 blitt oppdaterte for å sikre publikum aktuell, korrekt og relevant informasjon. Departementet registrerte 48 prosent fleire treff på heimesida frå mai 2008 til mai 2009.

I aktuelle saker er det utarbeidd eigne planar for informasjons- og kommunikasjonsverksemda, med mål, situasjonsanalyse, vurdering av viktige målgrupper og val av informasjonskanalar. Beredskapen i departementet er styrkt.

Ein stor del av kommunikasjonsverksemda går med til å handsame informasjonsbehov hos norske og utanlandske medium. Viktige tema har vore barnevern, familiepolitikk, menneskehandel og adopsjon. Media i andre land har i særleg grad synt interesse for likestillingsområdet og kvinners posisjon i arbeidslivet.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Effektiv organisering og drift av departementet

Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder

Høg informasjonsberedskap basert på BLDs informasjonsstrategi

Effektiv organisering og drift av departementet

Departementet har i 2008 gjennomført ei fullstendig risikovurdering av alle relevante mål i verksemdsplanen. Departementet vil i 2010 arbeide vidare med implementering av risikostyring i den ordinære mål- og resultatstyringa i departementet.

Departementet vil arbeide vidare med å styrkje kompetansen innanfor regelverket for offentlege innkjøp i departementet og vil utarbeide nye rutinar for handtering av slike saker.

Omfattande bruk av IKT i oppgåveløysinga gjer at stabile og tilgjengelege IKT-system og -utstyr er ein kritisk faktor for effektiviteten i departementet. Likeins er gode kunnskapar om systema, og dugleik i bruken av desse, avgjerande for å få nytta det potensialet som ligg i gode IKT-løysingar. Opplæring av dei tilsette vil derfor ha høg prioritet i arbeidet framover.

I 2009 starta innføringa av eit nytt system for elektronisk sakshandsaming i fleirtalet av departementa. BLD vil venteleg kome med i 2010. Det nye systemet skal effektivisere arbeidsprosessane og lette samhandlinga på tvers av avdelings- og departementsgrenser.

Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder

Effektive etatar er avgjerande for å nå måla for sektoren. Departementet vil leggje vekt på at styringa til departementet stimulerer verksemdene til å leggje opp drifta si rasjonelt og målretta gjennom tydelege styringssignal i tildelingsbrev og styringsdialog. Mål- og resultatstyring skal vere hovudmodellen for departementets styring med risikostyring som ein integrert del. Departementet vil medverke til at alle verksemdene implementerer risikostyring i 2010.

Høg informasjonsberedskap basert på informasjonsstrategien til BLD

BLDs fagområde og avdelingane sine planer for verksemda blir regelmessig gjennomgått for å avklare informasjons- og kommunikasjonsbehov. Departementet kartlegg kvar veke potensielle saker der informasjons- og kommunikasjonstiltak vil vere viktige verkemiddel. Departementet vurderer kontinuerleg rutinar og verktøy for å sikre at saker som krev informasjonstiltak blir identifiserte og følgde opp.

Departementet skal iverksetje den nye statlege kommunikasjonspolitikken.

I alle aktuelle saker skal det utarbeidast eigne planar for informasjonstiltaka, på grunnlag av BLDs kommunikasjonsstrategi. I planarbeidet inngår situasjonsanalyse, avklaring av aktuelle målgrupper og val av kanal for kommunikasjon. Departementet skal leggje vekt på publikumsvennleg, open, fullstendig og korrekt informasjon til rett tid.

BLD skal drive aktiv kommunikasjonsverksemd og ta eigne initiativ til informasjon. Mykje av verksemda går med til handsaming av informasjonsbehov i media, som er ein viktig kanal til publikum.

Departementet arbeider kontinuerleg med å utvikle kommunikasjonsverksemda, særleg gjennom nettbaserte tenester. Det skal arbeidast med auka grad av tovegs kommunikasjon med publikum.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn til stillingar og andre driftsutgifter i departementet.

I samband med at Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker blir utskilt som eigen verksemd, vil DSS ikkje lenger utføre lønns- og rekneskapstenester for desse. Midlane til dette arbeidet (850 000 kroner) er dermed flytte til kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, post 01. Posten er vidare redusert med 121 000 kroner som følgje av at lønns- og rekneskapstenestene no skal inngå som standardteneste frå DSS. Posten er samla føreslått redusert med 971 000 kroner frå saldert budsjett 2009.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen på likestillings-, barne- og ungdomsfeltet, utvalsarbeid og andre tidsavgrensa oppdrag.

Programkategori 11.10 Tiltak for familie og likestilling

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

830

Foreldrerettleiing

3 498

840

Krisetiltak

246 022

260 093

349 418

34,3

841

Samliv og konfliktløysing

27 736

31 535

33 545

6,4

842

Familievern

299 459

315 017

324 563

3,0

843

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

1 977

2 247

2 272

1,1

844

Kontantstøtte

1 690 236

1 472 000

1 418 000

-3,7

845

Barnetrygd

14 558 364

14 590 000

14 820 000

1,6

846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

61 740

59 442

66 494

11,9

847

Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

182 252

203 492

210 003

3,2

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

30 843

48 574

51 128

5,3

Sum kategori 11.10

17 102 127

16 982 400

17 275 423

1,7

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

01-23

Drift

285 504

288 590

286 834

-0,6

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

46 413

66 490

68 297

2,7

60-69

Overføringar til kommunar

213 160

222 272

312 097

40,4

70-98

Overføringar til private

16 557 050

16 405 048

16 608 195

1,2

Sum kategori 11.10

17 102 127

16 982 400

17 275 423

1,7

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

3842

Familievern

5 246

900

560

-37,8

3846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

1 266

Sum kategori 11.10

6 512

900

560

-37,8

Hovudinnhald og prioriteringar

Programkategori 11.10 Tiltak for familie og likestilling inneheld løyvingar til samlivstiltak, foreldrerettleiing, krisetiltak, konfliktløysing ved samlivsbrot, familievern, kontantstøtte, barnetrygd, familie- og likestillingspolitisk forsking og opplysningsarbeid, og løyvingar til Likestillings- og diskrimineringsombodet. Budsjettforslaget på programkategorien viser ein auke på 1,7 prosent, sjølv om forslaget på einskilte kapittel, har ein betydeleg auke. Bakgrunnen for den låge veksten er i hovudsak nedjustering av kontantstøtta i tråd med utbygging av barnehageplassar.

Hovudprioriteringar under Tiltak for familie og likestilling er:

  • Lov om kommunale krisesentertilbod blir sett i kraft 1. januar 2010

  • tilbod om samtalegrupper for barn og unge som opplever samlivsbrot

  • oppretting av ein familie- og likebehandlingsråd i Brüssel (frå september 2009).

Kap. 830 Foreldrerettleiing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

21

Spesielle driftsutgifter, foreldrerettleiing, kan nyttast under kap. 854 post 21

3 498

Sum kap. 830

3 498

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008). Kapitlet er avvikla frå budsjettåret 2009, og midlane er lagde inn under kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01 Driftsutgifter.

Tilbod om foreldrerettleiing

Gode tilbod over heile landet

Bufdir har sidan 2007 ansvar for å følgje opp arbeidet med Program for foreldreveiledning. I 2008 blei det mellom anna satsa på utbygging av opplæringstilbod. Det vart sertifisert 17 og sett i gang opplæring av ti nye trenarar, og gjennomført opplæring av rettleiarar i 37 kommunar. Samla sett kan 87 kommunar og bydelar no gi tilbod om foreldrerettleiing. Det blei også halde ei nasjonal nettverkssamling for sertifiserte trenarar og trenarkandidatar i basis- og minoritetsprogrammet. 80 helsesystrer, hovudsakleg i Troms fylke, fekk opplæring i nytt foreldrerettleiingsmateriell til bruk på helsestasjonane, for å styrkje den grunnleggjande relasjonen og samspelet mellom barn og foreldre. Det har dessutan vore arbeidd med å utvikle nytt materiell, oppdatere og omsetje eksisterande materiell. I 2008 starta ei større evaluering av programmet.

Gode tilbod tilpassa målgrupper med særskilde behov

Det blei gitt tilbod om opplæring i foreldrerettleiing overfor foreldre med minoritetsbakgrunn. Minoritetsprogrammet blei tilbydd ti kommunar i tre regionar, og det vart sertifisert 38 rettleiarar i desse kommunane. I tillegg gav ti tidlegare sertifiserte kommunale trenarar rettleiaropplæring i eigne kommunar. Det blei i regi av International Child Development Programme (ICDP) Norge gjennomført opplæring av tilsette i sju asylmottak. Programmet er prøvd ut for foreldre i mottaka, og direktoratet har teke del i opplæringa og utforminga av prosjektet. Pilotprosjekt for tilpassing av foreldrerettleiingsprogrammet til innsette i fengsel blei ført vidare som eit fast program gjennom Kriminalomsorgas utdanningssenter. I tillegg vart det sett i verk eit pilotprosjekt for å vurdere utbytet av å tilby Program for foreldrerettleiing for fosterforeldre.

Foreldreretta tiltak i planen Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005-2009) blir også følgde opp.

Kap. 840 Krisetiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

21

Spesielle driftsutgifter

21 321

25 319

13 919

60

Tilskot til krisesenter

158 666

165 000

250 292

61

Tilskot til incestsenter, overslagsløyving

54 494

57 272

61 805

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 01

11 541

12 502

23 402

Sum kap. 840

246 022

260 093

349 418

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Krise- og incestsenter med god kvalitet og tilgjenge

Godt tilbod til brukarar med særlege behov

Det er 51 krisesenter, to valdtektssenter og 20 incestsenter i landet, av desse er tre kombinerte krise- og incestsenter. Eitt av incestsentra er berre for menn. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har forvaltingsansvaret for statstilskot til krise- og incestsentra.

Bufdir tildelte 158,7 mill. kroner til krise- og valdtektssentra og 54,5 mill. kroner til incestsentra i 2008. Samanlikna med 2007 er dette ein auke på om lag 9 prosent for både krisesentra og incestsentra.

For å vurdere effekten av omlegginga frå 50-50-finansiering mellom kommune og stat til 20-80-fordeling, har Bufdir granska kostnadsutviklinga ved krisesentra i perioden 2005-2008. Det vart samla inn datamateriale frå 49 av totalt 51 krisesenter. Hovudfunna var at talet på tilsette i faste stillingar har auka, at bruken av frivillige vakter er redusert, medan kostnadene til vaktordning har auka. Lønnsveksten er den viktigaste forklaringsfaktoren til kostnadsveksten. Innføring av pensjonsordning ved fleire senter gir òg kostnadsvekst.

I 2008 budde det til saman 1 506 barn på krisesenter, og mange hadde gjentekne opphald. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) sin rapport Barns erfaringer fra livet på krisesenter – En landsomfattende studie om flukten, oppholdet og forestillinger om framtiden vart offentleggjort i juni 2009. Dette er den første landsomfattande studien om barn på krisesenter, og studien gir systematisert kunnskap om barna, deira situasjon og kva utfordringar dei møter, og deira behov for informasjon, hjelp og oppfølging. NKVTS peikar mellom anna på at tilbodet til barn er svært forskjellig frå senter til senter. Sjølv om rundt halvparten av krisesentra har eigne tilsette som primært arbeider med barn, viser rapporten at mange av dei som arbeider med barn ikkje har barnefagleg utdanning.

I 2008 hadde 59,5 prosent av bebuarane på krisesentra etnisk minoritetsbakgrunn.

Eitt av sentra hadde hausten 2007 sett i gang eigne tiltak retta mot kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn mellom anna i form av brosjyrer og tilbod om opplæring i bruk av bank, post mv. I tilskotsbreva blir det presisert at krisesentra skal leggjast best mogleg til rette for alle aktuelle brukargrupper. For å nå målet har Bufdir kartlagt status frå og med 2007. Ved utgangen av 2008 hadde 16 av 19 fylke eitt eller fleire krisesenter som er tilgjengelege for personar med nedsett funksjonsevne. Bufdir har, i samarbeid med Husbanken, søkt å stimulere til auka bruk av Husbankens låneordning til tiltak for betring av tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne, jf. diskriminerings- og tilgjengelova som blei sett i kraft frå 1. januar 2009. Dette inngår i oppfølginga av tiltak 8 i regjeringas handlingsplan mot vald i nære relasjonar om tilgjenge til krisesentra for alle aktuelle brukargrupper. Offentlege driftstilskot utgjer det sentrale verkemiddelet i tilrettelegginga av sentra.

Som del av tiltak 27 i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner har Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) gjennomført prosjektet Barn på krisesenter, eit regionalt samarbeidsprosjekt i Drammensregionen i perioden 2006–2008. Prosjektet har resultert i eit forslag til samarbeidsmodell mellom hjelpeinstansar og ein minimumsstandard for hjelp til og oppfølging av barn på krisesenter. Målet er at modellen for samarbeid og kunnskapen om barn som blir utsette for vald skal takast i bruk over heile landet. Det er utarbeidd ei elektronisk handbok som skal tene som oppslagsverk for hjelpeinstansar som skal tryggje og ta vare på barn som er utsette for vald i nære relasjonar.

Det er eit mål at dei Regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) skal hjelpe krisetiltaka med kompetanseutvikling, informasjon, rettleiing og etablering av nettverk. RVTS Sør har i 2008-2009 i oppdrag å utvikle rutinar for korleis krisesentra skal møte valdsutsette kvinner med alvorlege rusproblem og/eller omfattande psykiske problem. Det skal òg utviklast rutinar for at relevante aktørar kan samarbeide for å gi eit alternativt tilbod der det er aktuelt. Rutinane, som skal ferdigstillast i løpet av 2009, er eit tiltak i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner.

RVTS Øst har fått i oppdrag å utvikle og gjennomføre eit landsdekkjande kompetansehevingsprogram for krisesentermedarbeidarar. Målsetjinga er å heve kompetansen til krisesentermedarbeidarar over heile landet gjennom sentrale og regionale kurs. Arbeidet med å utvikle programmet starta opp i 2008, og den første samlinga blei gjennomført i mai 2009. Kompetansehevingsprogrammet til RVTS Øst omhandlar òg arbeid med kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn. I 2008 fekk ni organisasjonar tilskot på til saman 0,5 mill. kroner til tiltak mot vald i nære relasjonar.

Leggje fram forslag til lovfesting av krisesentertilbodet

Departementet har greidd ut lovfesting av ei kommunal plikt til å sørgje for eit krisesentertilbod. Forslaget vart sendt ut på offentleg høyring i oktober 2008, og våren 2009 la departementet fram ein odelstingsproposisjon med forslag til lov om kommunale krisesentertilbod. Lova blei vedteken av Stortinget i juni 2009.

Tabell 3.1 Krisesentra. Tal på tilsette fordelte på kvinner og menn i perioden 2005-2008

Tilsette

2005

2006

2007

2008

Kvinner

Menn

353

8

369

9

383

10

416

10

I alt

361

378

393

426

I 2008 var det 374 frivillig tilsette ved desse krisesentra, alle var kvinner (Sentio Research Noreg AS).

Tabell 3.2 Aktiviteten ved krisesentra 2005-2008

2005

2006

2007

2008

Talet på registrerte krisetelefonar

12 258

12 811

13 796

12 008

Talet på dagvitjingar

7 550

8 817

7 640

7 310

Talet på personar som overnatta på krisesentra, av desse

3 365

3 387

3 217

3 252

-kvinner

1 867

1 899

1 790

1 742

-barn

1 486

1 488

1 420

1 506

-menn

12

0

7

4

Gjennomsnittleg opphaldstid på krisesentra for bebuarar (talet på døgn), av desse for

22

24

28

30

-kvinner med norsk bakgrunn

18

18

24

22

-kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn

32

31

34

36

Del av bebuarar med etnisk minoritetsbakgrunn

51

56

58

59,5

Oversikten for 2008 er utarbeidd av Sentio Research Norge AS.

Tabell 3.3 Incestsentra. Tal på brukarar og tilsette fordelte på kvinner og menn i perioden 2005-2008

2005

2006

2007

2008

Første gongs kontakt med incestutsette

Kvinner

1 485

1 610

1 462

1 569

Menn

442

450

501

574

I alt

1 927

2 060

1 963

2 143

Tilsette

Kvinner

75

87

104

131

Menn

5

10

10

16

I alt

80

97

114

147

Tala for 2005-2007 refererer seg til 18 av 20 incestsenter. Tala for 2008 er henta frå alle 20 sentra. Halvparten av incestsentra hadde mannlege tilsette i 2008.

Mindre vald mot kvinner og barn

Evaluering av tilboda og organiseringa av incestsentra

I samband med drøftinga av stortingsmeldinga om incestsentra (St.meld. nr. 13 (2004-2005)) bad Stortinget regjeringa om å evaluere dei frivillig organiserte incestsentra. Evalueringa omfattar incestsentras tilbod, organisering og samarbeid med det offentlege hjelpeapparatet og den landsdekkjande incesttelefonen. Evalueringa skal danne grunnlag for å utvikle og betre incestsentertilbodet, slik at dette frivillige lavterskeltilbodet er best mogleg tilpassa behovet til brukarane. Evalueringa av incestsentra vart gjennomført av Nordlandsforskning hausten 2008 - våren 2009. Evalueringa viser at brukarane av incestsentra og samarbeidande kommunar som er omfatta av evalueringa, i all hovudsak er nøgde med det tilbodet incestsentra gir. Nordlandsforskning peiker likevel på ei rekkje utfordringar for incestsentra og tilbodet til incestutsette:

  • behov for styrkt kontroll og innsyn i verksemda ved incestsentra

  • utfordringar knytte til tilgjenge, innhald og brukargrupper ved sentra som må sjåast i samanheng med tilbodet frå resten av hjelpeapparatet

  • incestsentra når ikkje godt nok ut til personar med nedsett funksjonsevne, personar med minoritetsbakgrunn og menn

  • behov for styrkt samarbeid med offentleg hjelpeapparat

  • å sikre finansiering er framleis ei utfordring for om lag halvparten av incestsentra

Med midlar frå BLD gjennomførte Kirkens ressurssenter i januar 2009 ein internasjonal konferanse om gutar og menn som blir utsette for seksuelle overgrep. Formålet med konferansen var å bidra til auka merksemd kring feltet og bidra til å synleggjere den kunnskapen som allereie finst på forskings- og behandlingssida. Kirkens ressurssenter har utarbeidd ein fagleg rapport frå konferansen med forslag til tiltak og tilrådingar som vil bli vurdert av departementet i det vidare arbeidet.

Gjennomføre departementets tiltak i regjeringas handlingsplan mot vald i nære relasjonar

I desember 2008 presenterte regjeringa Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2008-2011). Justis- og politidepartementet koordinerer planen. Handlingsplanen inneheld 50 tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar. BLD er ansvarleg for gjennomføringa av fleire av tiltaka som vart sette i verk frå 2008.

NKVTS har i 2008 sett i verk ei undersøking om vald og overgrep mot menn i nære relasjonar og deira behov for hjelp. Resultata frå undersøkinga skal leggje grunnlaget for vidare metode- og tiltaksutvikling på feltet. NKVTS innhentar også kunnskap om vald og overgrep blant kvinner med nedsett funksjonsevne og deira hjelpebehov, slik at dei kan føreslå tiltak som kan styrkje tilbodet om hjelp til denne gruppa. Arbeidet starta opp hausten 2008, og ein rapport skal vere ferdig innan utgangen av 2009.

I dei seinare åra har det skjedd ei endring i samansetjinga av brukargruppene ved krisesentra, slik at delen kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn har auka og utgjer no nærmare 60 prosent av brukarane av butilboda. I 2008 starta NKVTS opp ei undersøking om årsaker til endringane knytte opp mot dei behova som ulike brukargrupper har for informasjon, hjelp og oppfølging. Sluttrapport skal vere ferdig hausten 2009.

I tråd med Soria Moria-erklæringa etablerer regjeringa eit landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar. Stiftinga Alternativ til vold (ATV) er sentral i eit slikt tilbod. I 2008 vart det etablert ytterlegare tre behandlingstilbod i regi av ATV i Stavanger, Arendal og Kristiansand. Desse kjem i tillegg til allereie eksisterande verksemd i Oslo, Drammen, Vestfold, Asker/Bærum og Telemark. Det skal etablerast ytterlegare fire tilbod i Hordaland, Troms, Nordland og Hedmark/Oppland i 2009. For Finnmark skal det utviklast eit behandlingstilbod som eit samarbeid mellom ATV og det statlege familievernet (Bufetat).

For ytterlegare omtale av tiltak i handlingsplanen, sjå omtale under punktet Godt tilbod til brukarar med særlege behov.

Gjennomføre departementets tiltak i regjeringas handlingsplan mot menneskehandel

Justis- og politidepartementet koordinerer planen. I 2008 har BLD gjennomført informasjonstiltak for å redusere etterspurnad etter seksuelle tenester. Det har blitt oppretta ei eiga kampanje-nettside: stoppmenneskehandel.no og ei nettside hos Reform – ressurssenter for menn: sexhandel.no. I perioden 2006-2008 har det vore gjennomført ulike kampanjar med formidling av bodskapen Sexkjøp kan vere slavehandel på nakkestøttene i drosjer i Oslo og på informasjonsskjermane ved ei rekkje flyplassar i Noreg. Vidare er det gjennomført etikkundervising ved krigsskolane i Noreg og på fleire vidaregåande skolar, mellom anna for å førebyggje at unge gutar i risikogruppa kjøper sex no eller seinare.

Departementet har, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Justis- og politidepartementet, Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Oslo og Oslo kommune, initiert eit to- til treårig prosjekt med formål å tilby trygge bustader med sosial, helsemessig og anna oppfølging til personar som er utsette for menneskehandel. Butiltaket er under etablering i regi av Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Oslo og kom i gang våren 2009. Dei fleste ofra bur i dag i hovudsak på krisesentra og nokre på asylmottak. Nokre av desse kvinnene har òg omsorg for barn. Fleire enn ønskjeleg blir buande på krisesentra ut over det som blir vurdert som forsvarleg og rimeleg.

Tryggleik mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap

Sikre gjennomføring av handlingsplanen mot kjønnslemlesting

Handlingsplan mot kjønnslemlestelse (2008-2011) har som hovudmål å hindre at unge jenter blir kjønnslemlesta. BLD koordinerer planen. Det er i stor grad underliggjande etatar som er ansvarlege for gjennomføringa av tiltaka.

Det blir utarbeidd halvårsrapportar om arbeidet med implementeringa og gjennomføringa av dei enkelte tiltaka i handlingsplanen. For å vurdere om arbeidet med handlingsplanen er målretta og effektivt, og for å kvalitetssikre det arbeidet som blir utført, blir handlingsplanen følgjeevaluert av Oxford Research.

Regjeringa har konkludert med at alle jenter og kvinner som kjem frå område der førekomsten av kjønnslemlesting ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO) er 30 prosent eller meir, skal få tilbod om samtale og underlivsundersøkingar.

I 2008 heldt Bufetat fire regionale nettverkssamlingar for aktørar som arbeider mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Samlingane er dei første i rekkja som skal arrangerast kvart år til og med 2011. Målet er å heve kompetansen i hjelpeapparatet og å etablere nettverk for samarbeid i konkrete saker. Det var brei deltaking frå ulike delar av hjelpeapparatet. Både frivillige organisasjonar og offentlege etatar var representerte.

Sikre gjennomføring av handlingsplanen mot tvangsekteskap

Våren 2008 overleverte Institutt for samfunnsforsking (ISF) rapporten Et trygt sted å bo. Og noe mer. Rapporten viser at dagens bu- og støttetilbod ikkje er tilstrekkeleg godt utbygt. Eitt av oppdraga til Bufdir er å byggje ut bu- og støttetilbodet for unge over og under 18 år, og rapporten er eit viktig grunnlagsdokument i deira arbeid. Til saman blei oppretting av seks bustader med oppfølging bestilt av Bufdir i 2008. Desse skal vere klare til bruk i 2009.

To tidlegare pilotprosjekt om æresrelatert vald er førte vidare i 2008: eitt på Aker familiekontor som handlar om tvangsekteskap, og eitt på familiekontoret i Nordfjord som handlar om kjønnslemlesting. Brobyggerprosjektet på Aker familiekontor har arbeidd ut frå tiltak 14 og 30 i Handlingsplan mot tvangsekteskap. Brobyggerprosjektet har gitt eit terapi- og samtaletilbod til unge gutar og jenter som har vore tvangsgifta, truga med tvangsgifte og/eller har vore utsette for æresrelatert vald. Dei har også gitt tilbod til foreldre og ungdommar som står i ein konflikt som inneber æresrelatert vald.

Ansvaret for ordninga med refusjon av utgifter til heimsending blir overført til Arbeids- og inkluderingsdepartementet frå 2010. Det var fem saker i 2008.

Handlingsplanen blir følgjeevaluert av ISF.

Drammen politistasjon og Drammen kommune starta i 2007 eit treårig tverrfagleg og tverretatleg pilotprosjekt om arbeidet mot æresrelatert vald, medrekna tvangsekteskap. I 2008 har prosjektet mellom anna utarbeidd Veileder mot vold i nære relasjoner. Dei har utvikla rutinar for samarbeid i saker knytte til vald i nære relasjonar, og opplæringsprogram om vald i nære relasjonar og æresrelatert vald. Dei har òg gjennomført kompetanseheving for alle tilsette i sentrale verksemder i kommunen og i politiet.

På kampanjesida tvangsekteskap.no får ein tilgang til rapportar, rettleiingar og anna materiell som er utvikla i samband med handlingsplanen.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald

Kommunane har tilpassa seg ny lov om krisesentertilbod

Talet på kommunar som har eit krisesentertilbod

Tryggleik mot vald i nære relasjonar og menneskehandel

Talet på gjennomførte tiltak i handlingsplanane

Tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald

Kommunane har tilpassa seg ny lov om krisesentertilbod

Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova), jf. Ot.prp. nr. 96 (2008-2009), blei vedteke i juni 2009, og vil bli sett i kraft frå januar 2010. Lova gjer det tydeleg at det er eit offentleg ansvar å sørgje for at personar som er utsette for vald i nære relasjonar, får vern, hjelp og oppfølging. Kommunane får ansvaret for å sørgje for eit krisesentertilbod. Lova byggjer i stor grad på det tilbodet som i dag blir gitt av krisesentra. Det inkluderer telefonteneste døgnet rundt, eit trygt mellombels butilbod, eit tilbod for dagbrukarar, rettleiing og nødvendig hjelp til å ta kontakt med andre og meir spesialiserte tenester, og oppfølging i ein reetableringsfase.

Det skal vere eit lågterskeltilbod, gratis for brukarane og ein stad der dei kan rekne med å bli mottekne utan førehandsvarsling og utan tilvising frå andre instansar. Lova slår fast at tilbodet skal utformast slik at det kan møte behova til alle som er utsette for vald i nære relasjonar, kvinner, menn, valdsutsette med etnnisk minoritetsbakgrunn, og barn som kjem til krisetilbodet saman med føresette. For å sikre kvaliteten på tilbodet inneheld lova krav om nødvendig tolketeneste, og forskrifter om teieplikt, opplysningsplikt overfor barnevernet, krav til politiattest for tilsette, internkontroll og statleg tilsyn.

Frå 2011 vil statstilskotet bli lagt inn i rammetilskotet til kommunane. 2010 blir eit overgangsår for å gi kommunane og krisesentra høve til å tilpasse seg den nye lova, jf. Også teksten under nærmare om budsjettforslaget.

Departementet får hausten 2009 ei utgreiing om menn som blir utsette for vald i nære relasjonar og deira behov for hjelp. Denne kunnskapen vil kunne hjelpe kommunane med å møte kravet i lova om at også menn skal få adekvat hjelp.

Tryggleik mot vald i nære relasjonar og menneskehandel

Incestsentra

Incestsentra er eit støttetilbod på dagtid til kvinner og menn som har opplevt incest og seksuelle overgrep, og til pårørande til utsette barn og ungdom. Fleire incestsenter gir også eit eige tilbod til barn og unge. På oppdrag frå BLD gjennomførte Nordlandsforskning hausten 2008/våren 2009 ei evaluering av tilboda ved og organiseringa av incestsentra og samarbeidet deira med det offentlege hjelpeapparatet. Evalueringa omfatta også den landsdekkjande incesttelefonen, som vart etablert hausten 2006. Resultata frå evalueringa skal inngå i arbeidet med å vurdere eventuelle endringar i organiseringa og tilboda til incestsentra, med sikte på at dei blir best mogleg tilpassa brukarane. Arbeidet til incestsentra må sjåast i samanheng med tilbodet til incestutsette i hjelpeapparatet elles. Sjå òg omtale under Resultatrapport 2008/2009.

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

BLD har ansvaret for gjennomføringa av ei rekkje tiltak i Handlingsplan mot vold i nære relasjonar (2008-2011) Vendepunkt.

Bufdir skal utvikle vidare arbeidet med å styrkje tilgjenget ved krisesentra og incestsentra for alle aktuelle brukargrupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne.

Dei Regionale ressurssentra om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) er viktige samarbeidsinstansar for krisetiltaka. Det er eit mål at RVTS skal hjelpe krise- og incestsentra med kompetanseutvikling, informasjon, rettleiing og etablering av nettverk.

Resultata frå utgreiinga til RVTS Sør om rutinar for korleis krisesentra og hjelpeapparatet elles skal handtere valdsutsette kvinner med alvorlege rusproblem og/eller omfattande psykiske problem, skal inngå i det vidare arbeidet med krisesentertilbodet.

Programmet til RVTS Øst for kompetanseheving for krisesentermedarbeidarar starta opp i 2009 og skal førast vidare i 2010. Det skal gjennomførast ei nasjonal og fleire regionale samlingar i 2010. Målet med kompetansehevingsprogrammet er å styrkje kompetansen til krisesentermedarbeidarane, mellom anna på tema som vald og tryggleik, traumeforståing og krisehandtering og barn og andre sårbare grupper.

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) vil i 2009 stille ferdig fleire forskingsprosjekt på oppdrag frå BLD. Resultata frå desse forskingsprosjekta vil inngå i arbeidet med å utvikle vidare hjelpetilbodet til kvinner og menn utsette for vald i nære relasjonar. Formidlinga av kunnskap frå det regionale samarbeidsprosjektet Barn som lever med vold i familien skal halde fram, med overføring av kunnskap mellom anna innanfor familievernet. Arbeidet med å utvikle eit prøveprosjekt for vidaregåande skole, med særleg vekt på familierelasjonar, kommunikasjon og handsaming av konfliktar, skal førast vidare i 2010. Prosjektet er eit samarbeid mellom familievern og skole. I Soria Moria-erklæringa slår regjeringspartia fast at tilbodet om behandling av valdsutøvarar skal utviklast vidare og gjerast landsdekkjande. Dette arbeidet fekk eit betydeleg løft i 2009 og vil halde fram i 2010.

Sikre gjennomføring av Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008-2011)

Styresmaktene har eit hovudansvar for å motarbeide tvangsekteskap. Ei overordna målsetjing i handlingsplanen er å styrkje den offentlege forankringa av dette arbeidet. Handlingsplanen omhandlar særleg rolla til skolen, utanriksstasjonane, behovet for trygge bustader og styrkt offentleg samhandling og kompetanse.

Handlingsplanen inneheld ei brei satsing mot tvangsekteskap som både skal ta vare på førebygging og sikre vern av dei som blir utsette for slike overgrep.

Det blir offentleggjort halvårsrapportar med framdrift og status på dei enkelte tiltaka per mars og oktober kvart år i planperioden. Rapportane blir lagt ut på tvangsekteskap.no.

Bufdir fekk i 2008 og 2009 ansvaret for å gjennomføre fleire tiltak i handlingsplanen mot tvangsekteskap. Bufdir vil i 2010 føre arbeidet med tiltaka vidare. Mellom anna inneber det å oppdatere informasjonsmateriell og halde Bufetat.no oppdatert på det arbeidet som blir gjort. Tverretatlege regionale nettverkssamlingar vil bli haldne, og kompetanseheving av familievernet vil halde fram i 2010. I arbeidet med kompetanseheving av familievernet vil Brobyggerprosjektet ved Aker familiekontor framleis ha ei sentral rolle. Kunnskap opparbeidd i møte med dei unge og familiane deira gjennom prosjektperioden skal overførast til andre familievernkontor i landet.

Arbeidet med å etablere bu- og støttetilbod for personar over og under 18 år som har vore tvangsgifta, truga med tvangsekteskap og/eller utsette for andre former for æresrelatert vald, vil halde fram. I tillegg blir det arbeidd med å etablere nasjonale registreringsrutinar for saker som omhandlar tvangsekteskap.

Målsetjinga med tvangsekteskap.no er å synleggjere hjelpetilbodet for unge som blir truga med eller blir utsette for tvangsekteskap, slik at dei veit kven som kan kontaktast dersom dei treng hjelp, råd eller assistanse frå hjelpeapparatet. Nettsida er òg for dei som arbeider i hjelpeapparatet.

For å få auka kunnskap om effekten av innsatsen mot tvangsekteskap følgjeevaluerer Institutt for samfunsforskning (ISF) handlingsplanen. Graden av forankring og samarbeid i det offentlege tenesteapparatet, implementeringa av planen og effekten av enkelte tiltak og planen samla sett skal i særleg grad evaluerast. Ein delrapport vil bli lansert våren 2010.

Sikre gjennomføring av Handlingsplan mot kjønnslemlesting (2008-2011)

Kjønnslemlesting strir mot grunnleggjande menneskerettar og bryt med kvinners rett til å ha kontroll over sin eigen kropp og seksualitet. Hovudformålet med handlingsplanen er å hindre at unge jenter blir kjønnslemlesta.

Handlingsplanen skal styrkje den offentlege forankringa av arbeidet mot kjønnslemlesting.

NKVTS fyller ein nasjonal kompetansefunksjon i arbeidet mot kjønnslemlesting. Senteret har starta eit forskingsprogram, dei formidlar kunnskap, vidareutviklar informasjonsmateriell, avdekkjer kompetansebehov, driv kompetanseutvikling, byggjer nettverk og har ein generell rådgivings- og rettleiingsfunksjon overfor yrkesutøvarar på området kjønnslemlesting.

På grunn av reiseaktivitet i sommarhalvåret til områder kor kjønnslemlesting blir praktisert, er det viktig å styrkje informasjonsarbeidet i denne perioden. Arbeidet blir basert på erfaringane frå 2007 til 2009.

Bufdir har ansvar for å forvalte tilskotsordninga mot kjønnslemlesting. Organisasjonar som mottek stønad frå denne ordninga, arbeider mot denne skadelege tradisjonen og gjer eit viktig haldningsskapande arbeid. Dei er i dialog med risikogruppene og er sentrale samarbeidspartnarar og brubyggjarar mellom minoritetsmiljøa og det offentlege tenesteapparatet.

Bufdir skal òg sjå til at familievernkontora er merksame på kjønnslemlesting i møte med familiar frå kulturar der slik praksis er vanleg. Familievernet skal òg ha kompetanse til å gi råd og rettleiing i slike saker.

Bufdir vil i 2010 halde fram med å gjennomføre tverrfaglege regionale nettverks- og erfaringsutvekslingssamlingar. Nettverkssamlingane vil bli haldne i samarbeid med andre aktørar. Direktoratet har i 2009 arbeidd med eit forslag til korleis saker om kjønnslemlesting kan registrerast i fagsystem og/eller administrative system i dei relevante tenestene. Direktoratet skal følgje opp dette arbeidet i 2010.

Føljeevalueringa av handlingsplanen blir utført av Oxford Research. Ein delrapport vil bli lansert våren 2010.

Frå 2010 vil tilbodet om samtale og underlivsundersøking for å førebyggje kjønnslemlesting bli landsdekkjande i regi av kommunehelsetenesta. Målgruppa er alle jenter og kvinner frå områder der 30 prosent eller fleire av innbyggjarane praktiserer kjønnslemlesting (basert på data frå WHO). Jenter og kvinner skal få tilbodet når dei kjem til landet. Jenter skal òg få tilbodet ved skolestart, i 5. klasse og i samband med seksualundervisninga på ungdomsskoletrinnet. Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet har ansvaret for å setje i verk ordninga. I samband med innfasinga i nokre kommunar hausten 2009 har Helsedirektoratet utarbeidd nødvendig materiell for gjennomføringa.

Arbeid mot menneskehandel

Regjeringa vil i 2010 føre vidare nokre tiltak som vart sette i gang i samband med den førre handlingsplanen Stopp menneskehandelen. Dette gjeld mellom anna alternative butiltak for offer for menneskehandel og informasjon knytt til sexkjøpslova som tok til å gjelde frå 2009. Butiltaket Lauras Hus blei etablert som eit samarbeidstiltak mellom stat, kommune og Kirkens Bymisjon. Tiltaket skal femne om alle offer for menneskehandel, men med vekt på dei som søkjer refleksjonsperiode. Tiltaket legg vekt på tett oppfølging av den einskilde for å dekkje behova deira og få raskast mogleg avklaring av deira status i Noreg.

Informasjon knytt til den nye sexkjøpslova skal førast vidare med vekt på å nå potensielle kjøparar av sex. Dei gode erfaringane med informasjon og haldningspåverknad i ulike utdanningsinstitusjonar, mellom anna i vidaregåande skolar og krigsskolane, og samarbeid med reiselivsnæringa med fleire, skal nyttast i ei vidareutvikling av desse tiltaka.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga vil bli nytta til finansiering av tiltak i handlingsplanar mot kjønnslemlesting, tvangsekteskap, vald i nære relasjonar, til tiltak mot menneskehandel og andre tiltak for å førebyggje vald. 1,5 mill. kroner vil bli overførte til Kommunal- og regionaldepartementet for innlemming i kommuneramma som følgje av at frivillige underlivsundersøkingar for å førebyggje kjønnslemlesting skal utførast av kommunehelsetenesta frå 2010. Arbeids- og inkluderingsdepartementet skal overta ordninga med refusjon av utgifter knytte til heimsending ved tvangsgifte. 100 000 kroner blir derfor overførte til kap. 650 Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, post 01 Driftsutgifter. 110 000 kroner er flytte til kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01 Driftsutgifter til dekning av administrative kostnader på valdsfeltet. I samsvar med Handlingsplan mot tvangsekteskap skal det brukast 10,5 mill. kroner til etablering av butilbod til unge under 18 år. Midlane vil bli tildelte som tilskot til private og andre aktørar og er av den grunn flytt til post 70.

Posten er føreslått redusert med 11,4 mill. kroner frå 2009 til 2010 som følgje av det som er nemnt over. Delar av midlane blir forvalta av Bufdir.

Post 60 Tilskot til krisesenter

I 2010 vil statstilskotet til krisesenterverksemd bestå av tre element:

  1. Statstilskot til drift av eksisterande krisesenter Den statlege øyremerkte tilskotsordninga vil bli ført vidare i 2010. Løyvinga er føreslått lagt om frå ei overslagsløyving til ei rammestyrt løyving. Løyvingsforslaget gir rom for vidareføring av aktivitetsnivået frå 2009 med ein statleg finansieringsdel på 80 prosent av driftsutgiftene. Vertskommunane sender søknad på vanleg måte. Frå 2011 vil tilskotet bli innlemma i rammetilskotet til kommunane.

  2. Tilleggsløyving til nødvendige endringar for å tilpasse tilbodet til krava i lova Den statlege løyvinga er i 2010 føreslått styrkt med 45 mill. kroner som skal fordelast etter søknad der kommunane finn det nødvendig med forbetringar og endringar av tilbodet for å tilfredsstille krava i krisesenterlova. Innanfor denne ramma vil kommunane sine meirkostnader i overgangsåret i utgangspunktet bli dekt fullt ut av statlege midlar. Ot.prp. nr. 96 (2008-2009) omtalar nærmare korleis dette beløpet er rekna ut, og gjer nærmare greie for dei utgiftsaukingane departementet reknar med er mest aktuelle. Stikkord er mellom anna fleire tilsette, betre tilbod til barn og auka kompetanse, men også andre tiltak som kommunane vurderar som nødvendige for å tilpasse tilbodet til krava i lova, kan dekkast over tilleggsløyvinga. Frå 2011 vil tilleggsløyvinga bli innlemma i rammetilskotet til kommunane.

  3. Eingongsløyving i omstillingsåret Departementet reknar med at det i omstillingsåret vil vere ekstra kostnader for kommunane knytt til utgreiing og planlegging av det framtidige krisesentertilbodet. Enkelte kommunar vil også ha behov for ytterlegere sikring av lokale. Det blir derfor føreslått ei særskilt eingongsløyving på 19 mill. kroner som kommunane kan søkje på til denne typen utgifter i 2010.

Retningslinjer for statstilskotet i 2010 vil kome i rundskriv Q-1/2010. Rundskrivet vil omtale alle dei tre elementa som er nemnt over. Søknadsprosedyrane vil så langt det passar tilsvare prosedyrane i tidlegere år.

Det er òg føreslått ein auke på 3 mill. kroner på Fornyings- og administrasjonsdepartementets kap. 1510 Fylkesmannsembetene, post 01 Driftsutgifter, for å dekkje Fylkesmannens oppgåver med tilsyn med krisesentra. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2009-2010) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Post 61 Tilskot til incestsenter, overslagsløyving

Mål

Løyvinga dekkjer tilskot til incestsenter for incestutsette og pårørande til incestutsette barn og valdtektssenter for valdtektsutsette og pårørande.

Tildelingskriterium

Vertskommunen for det einskilde senteret skal godkjenne budsjettet og har ansvaret for økonomioppfølging. Det blir utarbeidd eigne retningslinjer for statstilskot til incestsentra i rundskriv Q-22. Frå 2010 vil retningslinjer for statstilskot til valdtektssenter bli omtalte i dette rundskrivet og ikkje i rundskriv Q-1 som tidlegare år. Statstilskotet er øyremerkt. Finansieringa er delt mellom kommunane og staten, slik at 20 prosent kommunalt tilskot, og eventuelt tilskot frå helseføretak og fylkeskommune, utløyser 80 prosent statleg tilskot.

Oppfølging og kontroll

Incestsentra og valdtektsentra skal utarbeide årsrapport og statistikk for verksemda. Frå 2009 blir det utarbeidd ein eigen rapport frå incestsenterverksemda.

Budsjettforslag 2010

Løyvinga dekkjer tilskot til 20 incestsenter for incestutsette og pårørande til incestutsette barn og tilskot til valdtektssenter. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitte av departementet i rundskriv Q-22/2010.

Tilskot til valdtektssentra, 2,6 mill. kroner, som tidlegare har blitt løyvt over post 60, er flytt til denne posten.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 01

Løyvinga dekkjer mellom anna tilskot til NKVTS, Alternativ til vold, tiltak mot kjønnslemlesting og tvangsgifte, Landsforening for seksuelt misbrukte – Blålys, Stiftelsen fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO) og landsdekkjande hjelpetelefon til incestutsette. Midlane til FMSO og hjelpetelefonen blir forvalta av Bufdir. Dette gjeld òg midlar til valdsførebyggjande tiltak. Midlane til Bufdir kan òg nyttast til forsøks- og utviklingstiltak.

Posten er føreslått auka med 10,5 mill. kroner som er flytte frå post 21.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

9 814

13 000

13 416

22

Opplæring, forsking, utvikling mv.

6 185

6 118

6 314

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

5 794

6 049

6 243

70

Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01

5 943

6 368

4 572

71

Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar

3 000

Sum kap. 841

27 736

31 535

33 545

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Ei god meklingsordning for foreldre ved samlivsbrot

Eit tilgjengeleg og kompetent meklarkorps

I 2008 blei det utført 18 659 meklingar. Det er 1 407 fleire meklingar enn året før. 39 prosent av meklingane skjedde i samband med separasjon eller skilsmisse. 30 prosent var i samband med samlivsbrot mellom sambuarar, medan 31 prosent var meklingar før barnefordelingssaker for retten. I 12 saker blei foreldra sende tilbake frå retten for å mekle, dette er ei halvering frå året før. Familievernet utførte 12 468 meklingar. Familievernets del av meklingane varierer i fylka frå 40 prosent til 99 prosent.

Meklingsinstansane prøver å tilby foreldra time til mekling innan tre veker. 26 prosent fekk ikkje tilbod om første time innan fristen. Dette kan skuldast at foreldra sjølve ikkje ønskte å ha første time tidlegare eller at meklar ikkje hadde tid før. Tala er baserte på statistikk utarbeidd av Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er store variasjonar i ventetida mellom fylka og også mellom familievernkontora.

1. januar 2008 overtok Bufetat frå fylkesmannen ansvaret for forvalting av meklingsordninga. Formålet med dette var mellom anna å få ei meir heilskapleg forvalting av ordninga. Dette synest å fungere bra. Bufdir har mellom anna utarbeidd felles rutinar og retningslinjer og brukt mykje tid på rettleiing overfor regionane. Direktoratet arrangerte i 2008 to innføringskurs for nye meklarar og heldt dessutan ein landskonferanse for alle meklarar.

Eit godt tilbod til foreldre med høgt konfliktnivå

Frå 2007 blei timetalet for mekling lagt om for å gjere ordninga meir fleksibel og betre tilpassa dei einskilde sakene. Frå denne datoen er det ein time obligatorisk mekling og inntil sju timar mekling for foreldre som kan ha nytte av det. 62 prosent av alle meklingane i 2008 blei avslutta etter den første obligatoriske timen. 34 prosent bruker to til fire timar, mens 4 prosent av foreldra bruker fem timar eller meir. Foreldre som meklar i samband med separasjon/skilsmisse eller brot mellom sambuarar, bruker færrast timar. Her blir 67 prosent av meklingane avslutta etter ein time. Dersom foreldre ikkje er samde om foreldreansvar, fast bustad eller samvær, må dei gå til retten for å få ei avgjerd. Før dette må foreldra mekle. I desse sakene meklar 53 prosent i ein time, 42 prosent bruker to til fire timar, mens 5 prosent bruker fem timar eller meir.

Våren 2007 starta Universitetet i Oslo på oppdrag frå departementet opp eit prosjekt om metodeutvikling i meklingar som er prega av eit høgt konfliktnivå. Prosjektet blir avslutta hausten 2010. Prosjektet skal kartleggje kjenneteikn på saker som er prega av høg konflikt, slik at meklarar lettare kan identifisere par som treng totalt sju timar mekling, og hindre at desse fell frå, og identifisere saker som ikkje eignar seg for mekling.

Mykje og god kontakt mellom barn og begge foreldra

Utarbeide forslag til endringar i lov om barn og foreldre på bakgrunn av utgreiinga frå Barnelovutvalet

Barnelovutvalet la fram NOU 2008:9 Med barnet i fokus – en gjennomgang av barnelovens regler om foreldreansvar, bosted og samvær 29. april 2008. Sjå St.prp. nr. 1 (2008-2009) for BLD for omtale av forslaga frå utvalet.

I St.meld. nr. 8 (2008-2009) Om menn, mannsroller og likestilling gav regjeringa si vurdering av nokre av forslaga til utvalet. Synspunkta fekk støtte av fleirtalet under handsaminga i Stortinget.

19. juni 2009 blei Ot.prp. nr. 104 (2008-2009) om endringar i barnelova mv. lagt fram. Sjå meir om dette under Mål og strategiar.

Ivaretaking av barns rettar i delte familiar

Følgje opp evaluering av dei nye sakshandsamingsreglane i lov om barn og foreldre

Resultata frå evalueringa av mars 2008 er omtalte i St.prp. nr. 1 (2008-2009) Kap. 841 Samliv og konfliktløysing under Resultatrapport 2007/2008.

Dei nye sakshandsamingsreglane gir gode rammer for handsaminga av barnefordelingssaker, men inneber krevjande roller for dommarane, dei sakkunnige og advokatane. Departementet har nytta ulike verkemidlar for å bidra til kompetanseheving og vidareutvikling av innhaldet i rollene til rettsaktørane. For å medverke til auka måloppnåing knytt til at prosessen og rettsforlika skal vere til barnets beste, sende departementet i januar 2009 ut eit brev til domstolane og dei andre rettsaktørane der viktige funn i evalueringa vart framheva. Det vart mellom anna gitt tilrådingar knytte til rolleutøving og fagetikk. Brevet inneheld òg tilrådingar som kan medverke til at fleire saker blir løyste på eit tidlegare stadium ved å nytte mekling i regi av familievernkontora. Vidare blir det arbeidd særskilt med handsaminga av saker med særleg problematikk og saker der det er gjentekne søksmål. Departementet har i 2008 gitt ut eit informasjonshefte om Barnefordelingssaker der det er påstander om vold. Heftet er psykologfagleg informasjon til dommarar, advokatar og sakkunninge og er utarbeidd av Alternativ til vold (ATV) i samråd med departementet. Heftet er distribuert breitt.

Ei god barnebidragsordning som byggjer på ansvaret til begge foreldra for å forsørgje og ta omsorg for eigne barn

Oppfølging av stortingsmeldinga som evaluerer 2003-reforma

Stortingsmeldinga er følgt opp med lovforslag. Ot.prp. nr. 69 (2007-2008) Om lov om endringar i barnelova mv. (barnebidrag og reisekostnader ved samvær) vart lagt fram for Stortinget 20. juni 2008 og handsama 12. desember 2008. Endringane i bidragsreglane tok til å gjelde frå 1. januar 2009.

Eit viktig resultat av bidragsreforma var den sterke auken i talet på foreldre som ordnar barnebidraget mellom seg utan å bruke tilbodet om hjelp frå det offentlege. Auken var frå om lag ti prosent før reforma til 40 prosent ved årsskiftet 2005 til 2006. Denne utviklinga held fram, sjå tabell 3.4. Elles viser tabellen at det framleis i hovudsak er menn som er dei bidragspliktige og kvinner som er bidragsmottakarar. Endringane frå 2002 til 2008 i dei familiane som ber om at det offentlege skal fastsetje bidraget, er ein svak tendens i retning av at fleire kvinner og færre menn er mottakarar. Blant dei bidragspliktige aukar talet på personar utan norsk fødselsnummer.

Etter reforma har Arbeids- og velferdsdirektoratet, i samarbeid med BLD, arbeidd mykje med å få fram god statistikk og kunnskap på dette feltet. Departementet tek sikte på at det også med jamne mellomrom må gjennomførast ei større spørjeundersøking på dette feltet.

Kunnskapen som ligg til grunn for stortingsmeldinga som evaluerte 2003-reforma, byggjer i stor grad på to omfattande surveyundersøkingar frå SSB. Det er publisert ei rekkje rapportar og artiklar. Dei tre siste rapportane som kom i 2008, tek for seg økonomien i familiane før og etter reforma. Den siste rapporten var ein samla sluttrapport frå prosjektet Samvær og bidrag 2002-2004. Sluttrapport. Dei viktigaste konklusjonane frå prosjektet er at det ser ut som om det langsamt blir meir og meir kontakt mellom barn og den av foreldra som dei ikkje bur saman med, utan at det kan slåast fast at dette kjem av bidragsreforma aleine. Når det gjeld det økonomiske forholdet mellom foreldra, har ikkje reforma endra forholdet mellom dei familiane som tek imot bidrag, og dei som betaler bidrag nemneverdig. Utrekninga av bidraget har samanheng med mellom anna alderen til barnet og kor mykje samvær det er. Størrelsen på bidraga varierer derfor meir enn før. Dette er ein ønskt konsekvens av reforma.

Agderforskning og SSB samarbeider om eit prosjekt om dei barna som har svært lite kontakt med den eine av foreldra. Dette blei ferdig sommaren 2009. Departementet har òg teke initiativ til kunnskapsinnhenting om korleis foreldrebrot blir opplevt i familiar med etnisk minoritetsbakgrunn.

Tabell 3.4 Talet på bidragspliktige og bidragsmottakarar fordelt på kjønn per 31. desember 2002, 2004, 2006 og 2008*

Totalt

Menn prosent

Kvinner prosent

Kjønn ikkje oppgitt prosent

Bidragspliktige

2002

128 587

86,6

9,2

4,2

2004

107 805

86,8

8,1

5,1

2006

101 685

86,3

8,2

5,6

2008

91 374

86,3

7,7

5,9

Bidragsmottakarar

2002

135 033

9,2

89,5

1,3

2004

114 799

8,1

90,4

1,5

2006

109 167

8,1

90,7

1,2

2008

98 738

7,7

91,2

1,1

* Statistikken frå Arbeids- og velferdsdirektoratet omfattar ikkje gruppa av bidragspliktige/bidragsmottakarar som har inngått privat avtale og utan offentleg innkrevjing. Tala på kvinner og menn er ufullstendige sidan det ikkje er oppgitt kjønn i alle tilfelle. Dette kjem av utanlandske personar utan norsk fødselsnummer.

Sikker fastsetjing av farskap etter barnelova

Dekning av kostnadene ved DNA-analysar rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet

I 2008 utførte Rettsmedisinsk institutt (RMI) ved Universitetet i Oslo 1 515 DNA-analysar, medan det i 2007 blei utført 1 404 analysar.

Tilbod om samlivskurs

Tilskot til kurs i regi av frivillige organisasjonar

I 2008 blei det løyvt 6,1 mill. kroner til tilskotsordninga til samlivstiltak. Organisasjonar som arbeider for å styrkje og halde vedlike parforhold, fekk tilskot til samlivstiltak. Det blei gitt stønad til både lokale samlivskurs og utviklingstiltak på området, jf. òg omtale av samlivskursa Godt samliv! og Hva med oss? under kap. 842 Familievern.

I 2009 er ein del av midlane øyremerka for å fremme likestilling mellom foreldra. 2 mill. kroner blir øyremerkt til utvikling av kursmateriell til bruk i studiegrupper for fedrar med små barn (pappagrupper). Det skal utarbeidast kursmateriell for både kursleiarar og kursdeltakarar. Målgruppa er fedrar i samliv, og opplegget skal ha eit samlivsperspektiv.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna i delte familiar

Godt regelverk for delte familiar og for fastsetjing av foreldreskap

Godt tilbod til barn som lever i konfliktfylte familiar etter samlivsbrot

Tilbod om samlivskurs

Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna i delte familiar

Godt regelverk for delte familiar og for fastsetjing av foreldreskap

Det er viktig å leggje til rette for at barn kan halde oppe og utvikle god kontakt med begge foreldra, sjølv om dei lever kvar for seg. Godt foreldresamarbeid om situasjon til barnet er eit mål, slik at barnet ikkje må leve under ein langvarig konflikt mellom foreldra.

I Ot.prp. nr. 104 (2008-2009) er det føreslått endringar i barnelova som inneber ei varslingsplikt før flytting for begge foreldre. Når det gjeld bustaden til barnet, er det føreslått ei endring av ordlyden i barnelova slik at ho blir heilt nøytral og sidestiller delt bustad med fast bustad hos ein av foreldra. Det er òg føreslått at domstolen, når det ligg føre særlege grunnar, kan avgjere at barnet skal bu fast hos begge (delt bustad). Når det gjeld samvær, er det føreslått ei endring slik at legaldefinisjonen av vanleg samvær blir utvida i tråd med samværsordningar mange familiar har i dag. Det er vidare føreslått ei endring slik at det skal vere tilstrekkeleg med samtykke berre frå den eine av foreldra dersom helsepersonell meiner barnet kan ta skade av ikkje å få helsehjelp. I tråd med denne endringa er det føreslått ei tilsvarande endring i lova om pasientrettar. Det er òg føreslått ei presisering av at vald og skremmande eller plagsam opptreden eller anna omsynslaus åtferd overfor barn er forbode. Det er vidare føreslått ei endring som inneber ei presisering av at også departementets vedtak er tvangsgrunnlag i saker om deling av reisekostnader ved samvær. Det er likeins føreslått ei endring i arvelova § 4 slik at ein får like reglar om høvesvis farskap og morskap som grunnlag for slektsarverett. Forslaget om endring i arvelova inneber ingen realitetsendring. Det vil bli gitt informasjon til publikum om endringane i regelverket.

Farskapsutvalet som vart oppnemnt våren 2008, leverte NOU 2009:5 Farskap og annen morskap. Fastsettelse og endring av foreldreskap 16. mars 2009. Farskapsutvalet har vurdert endringar i reglene i barnelova sine reglar om fastsetjing av farskap, morskap og medmorskap. Bakgrunnen for oppnemninga av utvalet er dei store teknologiske og samfunnsmessige endringane som har skjedd i utvikling av familiemønstra, høvet til assistert befrukting og sikker fastsetjing av farskap, sidan barnelova vart vedteken i 1981. Eit viktig utgangspunkt for utvalet har vore at FNs barnekonvensjon er innarbeidd i norsk lov, og at barnet sitt beste skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som vedkjem barn. Utvalet har ei rekkje forslag til endringar i barnelova. Blant dei mest sentrale er desse:

  • Ugifte fedrar skal etter forslaget erklære farskap, framfor å vedkjenne, som dei gjer i dag.

  • Utvalet føreslår at prinsippet om at kvinna som føder, skal reknast som mor til barnet, skal førast vidare. Dersom barnet er født av ei surrogatmor i utlandet, går utvalet inn for å gjøre det tydeleg at morskapet berre kan endrast ved adopsjon/stebarnsadopsjon.

  • Utvalet føreslår å oppheve kravet om kjend donor ved assistert befrukting i utlandet som vilkår for å fastsetje medmorskap.

  • Utvalet føreslår at den offentlege plikta til å fastsetje/avklare foreldreskap også skal omfatte morskap. Ansvaret for det offentlege skal etter forslaget også gjelde for barn fødde i utlandet, når ein av foreldra er busett i Noreg.

  • Utvalet går inn for å gjeninnføre fristar for å reise sak om endring av farskap. Utvalet føreslår ein ny regel som gir barnet rett til å få kunnskap om den genetiske faren utan at den juridiske farskapen blir endra

  • Utvalet føreslår ei ny forskrift om samvær: Når farskap blir endra, skal mannen som tidlegare har vore rekna som far, kunne reise sak om samvær med barnet. Også steforeldre som har planlagt barnet inn i familien, men som ikkje har søkt om stebarnsadopsjon, kan krevje samvær dersom barnet berre har éin juridisk forelder.

  • Utvalet går inn for at ei kvinne skal kunne få utført farskapstesting på fosterstadiet etter utløpet av 12. veke i svangerskapet.

Utgreiinga har vore ute til offentleg høyring og vil bli følgt opp på vanleg måte.

Arbeidet med sikte på at fleire foreldre skal avtale barnebidraget privat utan offentleg medverknad, vil halde fram. Departementet vil òg arbeide for at NAV sikrar brukarane rett barnebidrag til rett tid, god service og kvalitet i sakshandsaminga.

Stans av ytingar ved barnebortføring

Utgreiinga om å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag ved barnebortføring er sendt ut til offentleg høyring med frist 1. november 2009. Sjå også omtale under kap. 844 Kontantstøtte, kap. 845 Barnetrygd og kap. 2530 Foreldrepengar.

Godt tilbod til barn som lever i konfliktfylte familiar etter samlivsbrot

Det er eit viktig mål å sikre barn ein tilfredsstillande situasjon etter samlivsbrot. Fordi konfliktfylt foreldresamarbeid verkar svært negativt både på vaksne og barn, er det viktig å styrkje hjelpetilbodet på dette området. Det må setjast i verk tiltak for å dempe konfliktnivået mellom foreldre i samband med samlivsbrot og i det vidare samarbeidet om felles barn. Departementet har derfor starta eit arbeid med å utvikle nødvendige tiltak på kort og lang sikt for å førebyggje negative konsekvensar av samlivsbrot, mellom anna betre metodar og kunnskapsgrunnlag i arbeidet med familiar som lever med store konfliktar.

Dersom foreldre får hjelp til å redusere konfliktnivået i foreldresamarbeidet, vil dette komme barna til nytte på både kort og lengre sikt. Departementet har i 2009 gitt støtte til at kurset Fortsatt foreldre kan utviklast til eit nasjonalt tilbod om å betre samarbeidet mellom skilte foreldre.

Regjeringa vil stimulere kommunane til å etablere fleire tilbod om samtalegrupper for barn og unge som opplever samlivsbrot. Tiltaket baserer seg på eksisterande og vellykka forsøk i enkelte større kommunar, mellom anna i barnehagar og skolar. Tiltaket vil òg gjere det mogleg å fange opp barn og unge som treng særskild oppfølging på eit tidleg tidspunkt.

Det synest å vere ei utfordring at foreldra i ein relativt stor del av sakene bryt meklinga ved familievernkontora/eksterne meklarar utan å kome fram til ein avtale, og at sakene for domstolane aukar. For å få eit best mogleg kunnskapsgrunnlag knytt til måloppnåinga/effekten av gjeldande meklingsordning og verknaden av den omlegginga av timetalet og målgruppene som skjedde med verknad frå 2007, inngjekk departementet våren 2009 ein kontrakt med SINTEF om ei brei evaluering av meklingsordninga. Det høyrer også inn under oppdraget å kome med anbefalingar knytte til framtidig innretning på meklingsordninga, samt identifisere og drøfte kompetansebehov hos meklarane. Evalueringa skal stillast ferdig innan hausten 2011.

Prosjektet Metodeutvikling i saker med høgt konfliktnivå, som blir stilt ferdig hausten 2010, har til formål å utvikle og beskrive ein metode for mekling som er særleg eigna for saker der det er høgt konfliktnivå mellom foreldra. Metoden skal fremme dialog mellom partane, føre til betring av samarbeidsklimaet og leggje til rette for stabile og robuste avtalar, ut frå barnet sitt beste. Det vil bli gitt informasjon til foreldra og andre som synleggjer fordelane ved å bli samde utan å reise sak for domstolane.

I nokre tilfelle er det nødvendig at domstolane handsamar barnefordelingssaker. For å sikre ein god og konfliktdempande prosess der foreldra arbeider ut frå behova til barna vil departementet medverke til auka kompetanse for dommarar, advokatar og sakkunnige i 2010. Departementet ser det som særleg nyttig at det, i tillegg til sentrale kompetansetiltak, blir halde regionale seminar der dei ulike rettsaktørane kan møtast for å drøfte samarbeidsrutinar og utfordringar ved praktiseringa av regelverket, og få tilført kompetanse om særlege tema. Departementet samarbeidde hausten 2009 med Domstolsadministrasjonen om utforming og gjennomføring av eit pilotprosjekt for regionale samlingar for dommarar, advokatar og sakkunnige. Som ei oppfølging av dette vil det i 2010 og 2011 bli gjennomført til saman åtte regionale samlingar. Samlingane skal òg bidra til at rettsaktørane får auka kjennskap til familievernkontoras heilskaplege tilbod til foreldre i konflikt og mekling med sikte på avtaleløysing på eit tidleg stadium.

Tilbod om samlivskurs

Tilskotsordninga til samlivskurs blir ført vidare. Målet med samlivskurs er å styrkje parforhold, skape gode relasjonar og førebyggje samlivsoppløysing. Gjennom tilskotsordninga, som blir forvalta av Bufdir, kan frivillige organisasjonar, kyrkjelydar, familievernkontor og kommunale instansar søkje om tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak på området. I marknadsføring og gjennomføring av samlivskurs er det viktig å leggje vekt på at kursa skal appellere til både kvinner og menn, og at begge kjønn skal ha utbyte av kursa.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekning av reiseutgifter for foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter ikkje fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter tilsvarande satsar som for fri rettshjelp. Stortinget fastset satsen etter forslag frå Justis- og politidepartementet. Satsen er føreslått til 890 kroner per time frå 1. januar 2010. Ordninga blir forvalta av Bufdir.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling mv.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseutvikling for meklarkorpset. Bufdir forvaltar midlar til opplæring av meklarar. Midlane under posten skal òg nyttast til evaluering av meklingsordninga, kompetanseheving knytt til sakshandsamingsreglane i barnefordelingssaker, informasjonstiltak og tiltak for å betre foreldresamarbeidet etter samlivsbrot.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Rettsmedisinsk institutt ved Universitetet i Oslo utfører alle DNA-analysar rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap, og departementet refunderer utgiftene dette medfører. Utgiftene til DNA-analysar følgjer automatisk av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01

Posten omfattar tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. Løyvinga blir forvalta av Bufdir. Posten er føreslått redusert med 2 mill. kroner i høve til 2009 for å finansiere andre tiltak i BLDs budsjett.

Post 71 Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar

Posten er ny og skal nyttast til ulike tiltak for å styrkje tilboda til barn som opplever sterke konfliktar i heimen i samband med samlivsbrot. Mellom anna skal midlane gå til tilbod om samtalegrupper for barn og unge som opplever samlivsbrot, stimulere til auka samarbeid mellom kommunale tenester for barn og unge og til å fange opp barn og unge som treng særskild oppfølging på eit tidleg tidspunkt. Midlane skal sjåast i samanheng med tiltaka under post 22.

Det er føreslått ei løyving på 3 mill. kroner til desse tiltaka.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

180 515

189 642

193 176

21

Spesielle driftsutgifter

5 051

5 116

7 280

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

113 893

120 259

124 107

Sum kap. 842

299 459

315 017

324 563

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Ei velfungerande familievernteneste

Familievernet er ei spesialteneste og eit lavterskeltilbod som arbeider med familierelaterte problem. Det er 64 familievernkontor spreidde over heile landet. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien, og mekling etter ekteskapslova § 26 og barnelova § 51. Familievernkontora driv òg utoverretta verksemd, til dømes rettleiing, informasjon og undervisning retta mot hjelpeapparatet og publikum.

Gjennom klientretta og førebyggjande verksemd bidreg familievernet til å styrkje par og familieforhold og til å alminneleggjere samlivsproblem. Om fleire søkjer tidleg hjelp til samlivsproblem kan det redusere talet på samlivsbrot og førebyggje problemutvikling både hos vaksne og barn.

Høg kompetanse og god fagleg kvalitet i tenesta

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har eit særskilt ansvar for å halde ved lag høg fagleg kompetanse i familieverntenesta. I 2008 vart det sett av 4,9 mill. kroner til kompetansetiltak. Kompetansemidlane har i stor grad vore brukte til å gi støtte til vidareutdanning og spesialisering ved familievernkontora, men òg til etterutdanningstiltak og ekstern rettleiing. Det har òg blitt satsa på kompetansespreiing i tenesta på særskilde område som vald, minoritetsproblematikk og styrking av menns rolle og ansvar i familien.

Bufdir har utvikla eit samla system for brukarretta kvalitetsutvikling av familievernet. Utviklingsarbeidet som starta i 2006, blei ført vidare og avslutta som prosjekt i 2008. Tilrådingane frå prosjektet om å implementere eit system for kvalitetsutvikling i familievernet basert på perspektiva til brukarane blir følgde opp. Ein viktig del av kvalitetsutviklingsprosjektet har vore å formidle nyerverva kunnskap. Det er utarbeidd ein litteraturgjennomgang av forsking om parterapi.

Dette utviklingsarbeidet inneber eit viktig kvalitativt løft i terapiarbeidet. Brukarmedverknad vil stimulere terapeuten til raskare progresjon og betre resultat i arbeidet. Dette har òg blitt stadfesta av forskingsprosjektet Beste praksis i familievernet, som viste at bruk av skjema for forbrukarmedverknad gav klart betre resultat for klientane.

Gjennomgang av familieverntenesta

BLD oppretta våren 2007 ei arbeidsgruppe med representantar frå BLD, Bufdir og Bufetat for å etablere eit kunnskapsmessig grunnlag for ein heilskapleg gjennomgang av familieverntenesta. Statistisk sentralbyrå (SSB) fekk i oppdrag å utarbeide fleire analysar av familievernstatistikken frå dei siste åra. Resultata blei publiserte av SSB i juni 2009.

Familievernets Kompetansekatalog, som gjer greie for mangfaldet i kompetanse og erfaring ved familievernkontora, blei ajourførd i 2008. Som eit innspel til den pågåande gjennomgangen av familievernet skal Bufdir i 2009 utarbeide ei systematisk oversikt over kompetansebehovet i tenesta, basert på denne kartlegginga.

I 2009 blir gjennomgangen av familievernet ført vidare i departementet.

Eit godt tilbod til familiar med særlege behov

Familievernet møter årleg om lag 5 000 familiar der vald og truslar om vald er tema. Mange av desse har ikkje vore i kontakt med andre delar av hjelpeapparatet. Dette er familiar som krev langt meir ressursar enn andre klientar. Over heile landet blir det gitt tilbod til familiar og personar som opplever vald i nære relasjonar. Mange familievernkontor har òg etablert eigne gruppetilbod, slik som sinnemeistringskurs for menn, grupper for kvinner som er utsette for vald og samtaletilbod eller gruppetilbod for barn som har vore utsette for eller vore vitne til vald. Det blir òg drive utstrakt samarbeid med andre hjelpeinstansar, som Alternativ til Vold (ATV) og dei regionale ressurssentra om vald og traumatisk stress (RVTS).

Regionane har hatt fleire kompetansetiltak som omhandlar utfordringane knytte til familiar med etnisk minoritetsbakgrunn. Mange kontor har til dømes fast samarbeid med kommunale etatar, flyktningteneste, innvandrarråd mv. Vidare har Brobyggerprosjektet på Aker familiekontor arbeidd ut frå tiltak 14 og 30 i Handlingsplan mot tvangsekteskap. Det er arbeidd med å gi informasjon, til dømes til ung.no, rettleiing og kompetansespreiing for ulike faginstansar, mellom anna Bokollektivet ved Oslo krisesenter. Brobyggerprosjektet har gitt eit terapi- og samtaletilbod til unge gutar og jenter som har vore tvangsgifte, trua med tvangsgifta og/eller vore utsette for andre former for æresrelatert vald. Det er også gitt tilbod til foreldre og ungdomar som står i ein konflikt som inneber æresrelatert vald.

Prosjektet mot kjønnslemlestelse i Nordfjord har i 2008 drive kvinnegrupper og foreldrerettleiingsgrupper.

I samband med oppfølging av Familieprotokollen mellom Noreg og Pakistan arrangerte departementet i samråd med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Bufetat eit pilotprosjekt for å skreddarsy informasjon om rettar og plikter til norsk-pakistanske kvinner. Eit viktig element var å konkretisere informasjonen om rettstilstanden i både Noreg og Pakistan for grupper av kvinner som til dagleg får informasjon tolka gjennom fleire ledd. Det blei etablert eit samarbeid mellom pakistanske kvinner med juridisk og politisk kompetanse og det tidlegare Regnbueprosjektet i Bufetat, som var forankra ved Sentrum familiekontor. Prosjektet gav solid erfaring om korleis ein kan nå fram til kvinner som ikkje i særleg grad deltek i arbeids- og organisasjonsliv.

Det blei satsa sentralt på kompetansebygging om homofile og lesbiske overfor alle leiarar av familievernkontora i 2007. I 2008 blei arbeidet ført vidare gjennom lokale kurs for samarbeidsinstansar i nokre regionar. Det har også blitt trykt opp informasjonsmateriell til bruk på familievernkontora.

Samlivskurs Godt samliv! for førstegongsforeldre

Driftstilskotet til Godt samliv! blei innlemma i rammetilskotet til kommunane i 2008. Det er ein nedgang i talet på haldne kurs i 2008 samanlikna med året før. Det er i stor grad helsestasjonane i kommunane som har hatt ansvar for å halde kursa.

Dei regionale koordinatorane for Godt samliv! i Bufetat har drive rettleiing og oppfølging av kommunane. I tre av regionane til Bufetat har det vore arrangert kursleiaropplæring og erfaringssamlingar for kursleiarar.

Nettsida Godt samliv! er ferdigstilt med ny utforming samstundes som nettannonsar for sida er lagde ut på foreldrenettstader. I 2008 har deltakarheftet blitt revidert, og det er arbeidd med å tilpasse Godt samliv! for etniske minoritetar.

Samlivskurs Hva med oss? til familiar med barn med nedsett funksjonsevne

Seks familievernkontor er regionale ressurskontor for Hva med oss? Kurstilboda ligg på bufetat.no. Ei viktig side ved arbeidet er å nå fram til dei aktuelle målgruppene med informasjon. Hva med oss? fungerer som eit godt tverrfagleg tiltak, med kursleiarar frå både familievernet og andre delar av hjelpeapparatet.

Bufdir har arrangert samling for dei regionale leiarane og for kursleiarar. Deltakarheftet for aleineforeldre, Hva med meg?, er ferdigstilt og distribuert i 2008.

Tilpassing av tilbodet til etterspørsel frå og behova til menn

Familievernkontora tilpassar tilboda òg for menn. Dette blir jamleg teke opp i dei styringssamtalane regionane har med kontora, og det blir satsa aktivt på å rekruttere mannlege terapeutar ved å oppfordre menn spesielt til å søkje når stillingar blir lyste ut. Ifølgje tal frå regionane er det ein aukande del menn som bestiller time ved kontora. I 2008 blei vel 30 prosent av behandlingssakene og 37 prosent av meklingane bestilte av menn.

Nøkkeltal for aktiviteten i familievernet 2008

Årsrapporten for 2008 frå Bufetat syner at det vart gjennomført 106 122 konsultasjonar i familievernet (101 129 i 2007), av desse var 86 961 knytte til behandling og 19 161 til meklingar. Det er om lag fire prosent fleire behandlingssamtalar og ti prosent fleire meklingar enn i 2007. 78 prosent av tidsbruken i familievernet på landsbasis går til behandlingssaker, 14 prosent til mekling og åtte prosent til førebyggjande verksemd. Tilsvarande tal i 2007 var høvesvis 77, 13 og ti prosent.

Tabell 3.5 Tilsette og leiarar i familievernet fordelte på kjønn

Totalt

Kvinner prosent

Menn prosent

Tilsette i familievernet

2006

492

74

26

2007

454

73

27

2008

445

73

27

2009

517

74

26

Leiarar i familievernet

2006

69

53

47

2007

63

55

45

2008

63

57

43

2009

62

51

49

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Ei velfungerande og tilgjengeleg familievernteneste

Eit nyttig, variert og tilpassa tilbod til brukarane

Tal på klientar og ventetid

Ei velfungerande og tilgjengeleg familievernteneste

Endringar i samlivsformer og familiemønster inneber at familievernkontora møter stadig nye faglege og kulturelle utfordringar. Det trengst kompetanse om familieforhold i etniske minoritetsmiljø, om lesbiske og homofile parforhold og om familiar prega av vald. Familievernet skal mellom anna ha oppgåver knytte til eit landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod for valdsutøvarar. Arbeidet skal skje i samarbeid med Alternativ til Vold (ATV). Som ein del av dette skal 2 mill. kroner øyremerkjast og kanaliserast til Finnmark gjennom familievernet i region nord.

I dei seinare åra har mange familievernkontor tileigna seg god kompetanse på nye område, og det er eit mål at slik kompetanse blir spreidd til heile tenesta og til andre delar av hjelpeapparatet.

Eit nyttig, variert og tilpassa tilbod til brukarane

Dei seinare åra har den gjennomsnittlege ventetida for å få time i familievernet vore rundt tre veker. Det er store variasjonar kontora imellom, og nokre stader er ventetida uakseptabelt lang. Bufdir har starta eit arbeid for å vurdere grunnlaget for ei best mogleg dimensjonering av tenesta for å kome nærmare målet om eit likeverdig familieverntilbod i landet sett under eitt.

Departementet har gitt Bufdir i oppgåve å finne fram til eit system for kvalitetsutvikling i familievernet med vekt på brukarmedverknad. Det har blitt utarbeidd ein kunnskapsstatus på feltet, starta eit forskingsprosjekt, og ulike modellar har blitt prøvde ut. Bufetat har vedteke å implementere modellen Klient- og resultatstyrt praksis (KOR) som det kvalitativt beste og mest praktiske verktøyet. Innføringa starta i 2009. Bufdir skal føre vidare implementeringa av modellen, med sikte på at heile familievernet skal bruke han. Det skal òg gjennomførast systematisk måling av kor tilfredse brukarane av tilboda til familieverntenesta er.

Talet på nye saker i familievernet auka med 4,4 prosent frå 2007 til 2008, totalt 37 800 nye saker. Sidan verken ventetida eller talet på tilsette har auka tilsvarande, indikerer dette ei effektivisering av arbeidet i tenesta. Det kan likevel synast å ha gått på kostnad av tida brukt til utoverretta, førebyggjande verksemd, som var ti prosent i 2007 og åtte prosent i 2008. Tenestene til familievernet er enno ikkje godt nok kjende i befolkninga. I følgje ei publikumsundersøking frå 2007 var det berre 29 prosent som utan hjelp nemnde familievernet som ein instans dei kunne kontakte når det var problem i familien. Det er derfor viktig å gjere tilboda til familievernet kjende for publikum og hos samarbeidspartnarane i andre delar av tenesteapparatet. Bufdir har utvikla ein informasjonsstrategi for familievernet som gjeld frå 2009, og det skal utarbeidast handlingsplanar på alle nivå i tenesta. Både publikum generelt og tenesteytarar frå samarbeidsinstansar er viktige målgrupper.

Ei særleg utfordring vil vere å nå betre ut til befolkninga med nettbasert informasjon om samlivs-, familie- og oppsedingsspørsmål. I dag er mykje av denne informasjonen av privat og kommersiell karakter. Bufetat skal opprette ei offentleg nett-teneste som tek ansvaret for slik informasjon. Dette vil vere spesielt viktig overfor målgruppene yngre familiar og menn, som er dei som ifølgje undersøkingane kjenner minst til familievernet.

Departementet har starta arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av familieverntenesta for å vurdere om ho i tilstrekkeleg grad er tilpassa behovet til brukarane, både med omsyn til tenesteutforming, arbeidsoppgåver, organisering, kompetanse og ressursar.

Departementet tek sikte på å sluttføre dette arbeidet innan hausten 2010.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til faste stillingar, engasjement, ekstrahjelp og godtgjersle, og utgifter til varer og tenester i det offentlege familievernet. Løyvinga omfattar også tilskot til oppgåvene til dei offentlege familievernkontora knytte til samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858 Barn- ungdoms- og familiedirektoratet post 01), og dekkjer administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Familievernet blei styrka med 12 mill. kroner i 2009, av dette var 2 mill. kroner frå revidert budsjett 2009. Heile denne løyvinga er føreslått ført vidare i 2010.

Posten er føreslått auka med om lag 2 mill. kroner frå saldert budsjett 2009.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Midlane blir hovudsakleg forvalta av Bufdir, mellom anna til oppfølging av tiltak i Kompetanseplanen for familievernet, og til vidareføring av arbeidet med brukarretta kvalitetsutvikling i tenesta. Det er flytta 2 mill. kroner til posten frå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 21 til hjelpe- og behandlingstilbod for valdsutøvarar i Finnmark. Tilbodet skal organiserast som eit samarbeidstiltak mellom familievernet i fylket og Alternativ til vold (ATV).

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjelege familievernkontora. Dei kyrkjelege familievernkontora får midlar til drifta ved tilskotsbrev frå Bufetat i samsvar med inngått avtale om drift av familievernkontor. Posten dekkjer også tilskot til oppgåvene til dei kyrkjelege familievernkontora knytte til samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858 post 01), og dekkjer tilskot til drift av organisasjonen Kirkens familievern.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Diverse inntekter

1 137

900

560

16

Refusjon av foreldrepengar

931

18

Refusjon av sykepengar

3 178

Sum kap. 3842

5 246

900

560

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år til år.

Kap. 843 Likestillings- og diskrimineringsnemnda

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

1 977

2 247

2 272

Sum kap. 843

1 977

2 247

2 272

Status for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsnemndas styresmakt og oppgåve er regulert i diskrimineringsombodslova med tilhøyrande forskrift. Nemnda handhevar reglar om diskriminering i likestillingslova, diskriminerings- og tilgjengelova, arbeidsmiljølova kap. 13 og bustadlovene. Nemnda er eit sjølvstendig forvaltingsorgan administrativt underlagt departementet. Departementet kan ikkje gi instruks om eller gjere om nemndas utøving av styresmakt i handsaming av enkeltsaker.

Nemnda er eit kollegialt organ med 12 medlemmer: ein leiar, ein nestleiar, seks andre medlemmer og fire varamedlemmer. I kvart møte i nemnda deltek fem medlemmer. Nemnda har eige sekretariat som førebur møta i nemnda, legg fram saker for nemnda, lagar utkast til vedtak etter rådslaging i nemnda og administrerer ordninga med tvangsmulkt. Departementet har det administrative ansvaret for nemnda, mellom anna tilsetjing i sekretariatet.

Alle saker i nemnda blir handsama først av Likestillings- og diskrimineringsombodet, som gir ei fråsegn i saka. I hastesaker kan ombodet fatte bindande vedtak etter diskrimineringsombodslova § 4. Da blir nemnda ordinær klageinstans.

Nemnda kan gjere vedtak eller gi fråsegn om at det ligg føre brot på dei lovene ho er sett til å handheve. Nemnda kan påleggje at det diskriminerande tilhøvet blir stansa eller retta, og andre tiltak som er nødvendige for å sikre at diskriminering, trakassering, instruks om diskriminering eller gjengjeld opphøyrer, og for å hindre gjentaking. Nemnda kan gjere vedtak om tvangsmulkt for å sikre gjennomføring av pålegg. Vedtak i nemnda kan ikkje overprøvast gjennom forvaltingsklage, men vedtaka kan bringast inn for domstolane til full prøving av saka.

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Handheve og utvikle diskrimineringsretten

Korrekt og effektiv sakshandsaming

Det vart halde seks møte og handsama til saman 33 saker i 2008. Av dei som meinte seg diskriminerte, var det 19 kvinner og 14 menn. Om lag halvparten av sakene omhandla forhold etter likestillingslova. Sju av sakene vart handsama etter diskrimineringslova, dei fleste gjaldt spørsmål om forskjellsbehandling på grunn av etnisk bakgrunn. Dei andre sakene omhandla tilhøve etter § 13 i arbeidsmiljølova, fordelte på diskrimineringsgrunnlaga alder og nedsett funksjonsevne.

Sakshandsamingstida i nemnda er på to til tre månader.

Gjere vedtak og fråsegner i nemnda offentleg tilgjengelege

Nemnda har ein eigen nettstad, diskrimineringsnemnda.no. Nettstaden inneheld alle vedtak og fråsegner frå nemnda. Samandrag av vedtaka og fråsegnene og utvalde saker blir òg lagde ut i engelsk omsetjing. Informasjon om vedtak og fråsegner blir sende til kontaktpersonar og media.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Effektiv handheving av diskrimineringslovgivinga

Effektiv handheving av diskrimineringslovgivinga

Frå 1. januar 2009 handsamar nemnda også saker etter den nye diskriminerings- og tilgjengelova. Nemnda må derfor rekne med noko større aktivitet i 2010 enn føregåande år.

Nemnda skal treffe vedtak eller gi fråsegner i saker som blir førte inn for nemnda, eller som nemnda sjølv ber seg førelagde. Nødvendig oppfølging av vedtaka og fråsegnene overfor partane i saka er ei viktig oppgåve for sekretariatet i nemnda. På denne måten skal nemnda medverke til ei effektiv handheving av diskrimineringslovgivinga.

Vedtak og fråsegner i nemnda er tilgjengelege for alle på heimesida og på annan måte i dei miljøa som særleg måtte ha interesse av vedtaka og fråsegnene.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til medarbeidarar og andre driftsutgifter for sekretariatet, òg godtgjersle og utgifter til nemndmedlemmer og eventuelle vitne og sakkunnige som blir innkalla. Nemnda hadde to fast tilsette per 1. juli 2009.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Tilskot, overslagsløyving

1 690 236

1 472 000

1 418 000

Sum kap. 844

1 690 236

1 472 000

1 418 000

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Kontantstøtte til eitt- og toåringar utan tilbod om fulltids barnehageplass

Føre vidare kontantstøtteordninga

Kontantstøtta vart ført vidare utan endringar i 2008.

Tabell 3.6 Barn i kontantstøttealder og barn med kontantstøtte

Gjennomsnitt

2006

2007

2008

Endring 2007/2008 (pst.)

Barn i kontantstøttealder

111 984

112 498

114 470

1 972 (1,75)

Barn med kontantstøtte

64 303

55 890

47 815

-8 075 (-14,5)

Eittåringar med kontantstøtte

37 257

33 439

29 119

-4 320 (-12,9)

Toåringar med kontantstøtte

27 047

22 452

18 696

-3 756 (-16,7)

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet, målt i månadlege gjennomsnittstal

Nedgangen i talet på barn med kontantstøtte frå 2007 til 2008 på 8 075 barn kjem av at det var 10 047 fleire barn med heiltidsplass i barnehage, medan det var 1 972 fleire barn i aldersgruppa. Av barn med kontantstøtte hadde 22,5 prosent redusert støtte. Det er 2,1 prosentpoeng fleire enn i 2007. Det er flest toåringar med redusert støtte.

Kontantstøtta blir utbetalt til den av foreldra som søkjer om støtte. Dette er kvinner i om lag 91 prosent av tilfella.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Kontantstøtte til eitt- og toåringar utan fulltids barnehageplass

Kontantstøtte til eitt- og toåringar utan fulltids barnehageplass

Kontantstøtteordninga blir ført vidare utan endringar i 2010 for eitt- og toåringar som ikkje gjer bruk av fulltids barnehageplass som det blir ytt offentleg driftstilskot for.

Kontantstøtta er eit alternativ og supplement til barnehageplass. Regjeringa har innført lovfesta rett til barnehageplass for alle barn som fyller eitt år innan 31. august det året ein søkjer om plass. Dei aller fleste kommunar innfrir den lovfesta retten i 2009. Det er derfor grunnlag for å vente ein fortsett nedgang i talet på barn med kontantstøtte.

Stans av offentlege ytingar ved barnebortføring

Utgreiinga om å halde tilbake offentlege ytingar, mellom anna kontantstøtte, og barnebidrag ved barnebortføring er sendt ut til offentleg høyring med frist 1. november 2009. Sjå også omtale under kap. 841 Samliv og konfliktløysing, kap. 845 Barnetrygd og kap. 2530 Foreldrepengar.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre. Målet med ordninga og tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som administrativt er underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og BLD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i resultatoppfølging og økonomikontroll blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom nemnde departement og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Budsjettforslag 2010

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og prognosar over:

  • forventa tal på eitt- og toåringar i 2010 basert på mellom anna SSB si siste befolkningsframskriving

  • forventa utvikling i bruk av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet, samt måltala for nye barn i barnehage i 2009 og 2010, jf. omtale i Kunnskapsdepartementet sin Prop. 1 S (2009–2010) under kap. 231 Barnehagar.

Forslag til satsar for 2010 står i tabell 3.8 nedanfor.

Tabell 3.7 Talet på barn med rett til stønad. Prognosar for 2009 og 2010

Gjennomsnitt 2008

Gjennomsnitt 2009

Gjennomsnitt 2010

Eitt- og toåringar med kontantstøtte

47 815

41 100*

38 700*

* Saldert budsjett 2009.

Tabell 3.8 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2010 (kroner)

Avtalt opphaldstid per veke

Kontantstøtte i prosent av full yting

Beløp per barn per år

Beløp per barn per månad

Ikkje bruk av barnehageplass

100

39 636

3 303

Til og med 8 timar

80

31 704

2 642

9–16 timar

60

23 784

1 982

17–24 timar

40

15 852

1 321

25–32 timar

20

7 932

661

33 timar eller meir

Inga kontantstøtte

0

0

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Tilskot, overslagsløyving

14 558 364

14 590 000

14 820 000

Sum kap. 845

14 558 364

14 590 000

14 820 000

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Tilskot til forsørging av barn

Føre vidare barnetrygda som ei universell stønadsordning

Barnetrygda blei ført vidare utan endringar i 2008.

Tabell 3.9 Barnetrygdmottakarar etter kjønn. Gjennomsnittstal for 2006, 2007 og 2008

År

I alt

Ordinær stønad

Utvida stønad

Ekstra småbarnstillegg

2006:

I alt

617 485

487 102

130 383

7 177

Kvinner

580 148

472 531

107 617

7 033

Menn

37 337

14 571

22 766

144

2007:

I alt

622 646

495 742

126 904

6 643

Kvinner

581 912

477 806

104 106

6 513

Menn

40 734

17 936

22 978

130

2008:

I alt

629 224

503 379

125 845

6 194

Kvinner

583 890

481 225

102 665

6 062

Menn

45 334

22 154

23 180

132

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Ei universell stønadsordning til forsørging av barn

Ei universell stønadsordning til forsørging av barn

Den som forsørgjer barn, har utgifter som andre ikkje har. Barnetrygd blir gitt for alle barn som bur i Noreg. Det kan bli gitt barnetrygd for barn som bur i utlandet etter utanlandsbestemmingane i barnetrygdlova, EØS-avtalen eller bilaterale trygdeavtalar. Barnetrygda blir utbetalt med lik sats for alle barn, uavhengig av alder og av kor mange barn det er i syskenflokken. For barn busette i Finnmark, Nord-Troms og Svalbard blir det utbetalt eit særskilt tillegg.

Barnetrygda blir ført vidare som ei universell stønadsordning til barnefamiliane.

Stans av offentlege ytingar ved barnebortføring

Ugreiinga om å halde tilbake offentlege ytingar, mellom anna barnetrygd, og barnebidrag ved barnebortføring er sendt ut til offentleg høyring med frist 1. november 2009. Sjå også omtale under kap. 841 Samliv og konfliktløysing, kap. 844 Kontantstøtte og kap. 2530 Foreldrepengar.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til forsørging av barn.

Tildelingskriterium

Barnetrygda er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd. Tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2010

Budsjettforslaget er basert på uendra stønadssatsar frå 2009 og prognosar over

  • talet på barn med rett til barnetrygd, og talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn faktisk barnetal)

  • talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn 0-3 år

  • talet på barn med finnmarks- og svalbardtillegg

  • forventa utgifter til etterbetalingar.

Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå, jf. tabellane under.

Tabell 3.10 Forslag til satsar for barnetrygd i 2010 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

970

11 640

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0-3 år

660

7 920

Finnmarkstillegg for barn 0-18 år

320

3 840

Svalbardtillegg for barn 0-18 år

320

3 840

Tabell 3.11 Talet på barn med rett til barnetrygd i 2008. Prognosar for 2009 og 2010

Gjennomsnitt 2008

Gjennomsnitt 2009*

Gjennomsnitt 2010

Barn med barnetrygd

1 090 707

1 096 700

1 101 810

Barn med finnmarkstillegg

21 226

20 893

20 530

Barn med svalbardtillegg

358

352

465

* Saldert budsjett 2009

Tabell 3.12 Talet på stønadsmottakarar i 2008. Prognosar for 2009 og 2010

Gjennomsnitt 2008

Gjennomsnitt 2009*

Gjennomsnitt 2010

Stønadsmottakarar med barnetrygd for

- eitt barn

282 668

204 556

287 226

- to barn

245 680

293 489

249 641

- tre barn

84 447

110 295

85 808

- fire barn

14 118

20 477

14 346

- fem eller fleire barn

3 509

4 875

3 566

Sum stønadsmottakarar

630 422

633 691

640 587

Stønadsmottakarar med utvida stønad

123 826

125 445

129 566

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einsleg forsørgjar

6 193

6 115

6 826

* Saldert budsjett 2009

I tala for stønadsmottakarar med barnetrygd for to, tre barn mv. inngår einslege forsørgjarar som mottek ei ekstra barnetrygd (utvida stønad), til dømes einsleg forsørgjar med to barn som mottek tre barnetrygder.

Ved å multiplisere venta tal på barn med barnetrygd med den årlege satsen for ordinær barnetrygd, jf. tabellane ovanfor, vil det gi eit lågare utgiftsnivå enn budsjettforslag 2010. Avviket kjem av etterbetalingar. Etterbetalingar kan gjerast for inntil tre år attende i tid dersom vilkåra for barnetrygd har vore oppfylte i perioden. Etterbetalingar knytar seg særleg til EØS- borgarar med arbeid i Noreg.

Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

13 152

13 850

16 093

50

Forsking, kan nyttast under post 21

15 570

10 996

11 348

70

Tilskot

13 159

15 609

15 108

71

Særlege familiepolitiske tiltak

977

1 020

1 053

72

Tiltak for lesbiske og homofile

7 560

7 743

7 341

73

Tilskot til Likestillingssentre

4 923

5 140

5 304

79

Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast

6 399

5 084

10 247

Sum kap. 846

61 740

59 442

66 494

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Likestilling mellom kvinner og menn

Oppfølging av utgreiinga frå Likelønnskommisjonen

Utgreiinga frå Likelønnskommisjonen NOU 2008:6 Kjønn og lønn. Fakta, analyser og virkemidler er omtalt i St.prp. nr. 1 (2008-2009). Utgreiinga har vore ute til brei høyring, og 78 organisasjonar og etatar har uttalt seg om forslaga til kommisjonen. Høyringsinstansane gir si tilslutning til at lønnsforskjellar som kjem av kjønn, er uønskte. I likskap med Likelønnskommisjonen legg regjeringa til grunn at likelønn krev ein innsats på brei front, både frå myndigheiter, arbeidslivets partar og andre aktørar. Likelønn mellom kvinner og menn blei også handsama i statsoppgjeret i 2009, og i meklingane vart partane samde om ein protokolltilførsel. Det skal opprettast ei arbeidsgruppe med representantar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet og hovudsamanslutningane. Arbeidsgruppa skal utarbeide konkrete forslag til tiltak for likelønn i staten, og gjere nødvendige undersøkingar og vurderingar for å fremme forslag til tiltak i tilknyting til hovudoppgjeret i 2010.

Likelønnskommisjonen såg likare deling av foreldrepermisjonen som eit viktig verkemiddel for likelønn. Regjeringa har styrkt den retten fedrar har til foreldrepengar. Frå 1. juli 2009 er fedrekvoten utvida med fire veker. Som eit tiltak for likare deling av permisjonstida mellom mor og far er to av vekene tekne av den delen av permisjonen som var til fri fordeling mellom foreldra. Regjeringa føreslår også å gi fleire fedrar rett til fedrekvote frå 2010, sjå omtale under kap. 2530 Foreldrepengar. Ei utgreiing som er sendt ut til offentleg høyring, drøftar korleis retten til fri i samband med amming kan bli ein betalt rett. Rett til lønn under ammefri gjer det lettare for mødrer som ammar, å gå tidlegare tilbake til arbeid og opnar for at fedrar kan ta ein større del av permisjonen.

Evaluering av § 21 i likestillingslova

Likestillingslova § 21 lovfester prinsippet om kjønnsbalanse i utval, styre, råd, nemnder mv. som blir oppnemnde eller valde av eit offentleg organ. BLD gav i februar 2008 Universitetet i Oslo i oppdrag å evaluere § 21 og forskrift (av 2. februar 1996 om representasjon av begge kjønn i statlege utval, styre, råd, delegasjonar m.m. – reglar om handheving og rapportering). Evalueringa skulle kartleggje utfordringane med regelen i lys av formålet og praksisen i departementa, inkludert saker om dispensasjon i BLD. Evalueringa viser at regelen ikkje fungerer i tråd med intensjonane. Evalueringa blir sendt ut til brei høyring i løpet av 2009.

Eit systematisk pådrivararbeid for integrering av eit kjønns- og likestillingsperspektiv i alle departement

BLD arrangerte i februar 2008 eit arbeidsseminar om kjønnsperspektivet i budsjettarbeidet for departementa og underliggjande etatar. Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) presenterte ei evaluering av budsjettproposisjonar som viser eit stadig tydelegare kjønnsperspektiv.

BLD la i oktober 2008 fram rapporten Likestilling 2009?, som er ein presentasjon av det arbeidet som departementa gjer for å fremme likestilling på sine eigne sektorar.

Eit breitt internasjonalt samarbeid på likestillingsområdet

Norden og nærområda

I tråd med dei vedtekne kjerneoppgåvene til Ministerrådet for likestilling (MR-JAM) følgde det svenske formannskapet opp intensjonane i ministerrådets femårige samarbeidsprogram Med fokus på kjønn er målet et likestilt samfunn. Tema i 2008 har vore Kjønn og makt og Kjønn og ungdom. Prosjektet Prostitusjon i Norden blei sluttført.

Vurderinga av Nordisk institutt for kunnskap om kjønn (NIKK), som er lokalisert i Oslo, starta ved at det blei arrangert eit strategiseminar for betre å sikre samarbeid mellom NIKK og MR-JAMs embetskomité (EK-JAM) i Stockholm. Planen er at eit slikt strategiseminar skal haldast kvart år.

Samarbeid med EU og i EØS

Retningslinjer for europaarbeidet i BLD er nedfelte i departementets europastrategi med tydelege prioriteringar for ivaretaking av nasjonale interesser i Noregs samarbeid med EU og EØS. Europastrategien blir oppdatert kvart år og er ei oppfølging av St.meld. nr. 23 (2005-2006) Gjennomføring av Regjeringens Europapolitikk.

I tråd med europastrategien og føringane for ein Aktiv Europapolitikk deltok Noreg på EUs uformelle ministermøte i Slovenia og Frankrike under dei respektive formannskapslanda.

Noreg deltek i EUs fleirårige handlingsprogram PROGRESS og DAPHNE III for perioden 2007-2013.

PROGRESS-programmet inkluderer følgjande område: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsstandardar og arbeid mot diskriminering og for mangfald. Ordninga med nasjonal ekspert på området likestilling mellom menn og kvinner vart ført vidare.

DAPHNE III er ein del av det overordna programmet Grunnleggjande rettar og rettferd og skal medverke til eit høgare nivå for vern mot vald, og såleis betre vernet av den fysiske og den mentale helsa. Noreg har delteke i programmet frå 2008. Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) har rolla som tilretteleggjar for norske prosjektsøknader til DAPHNE III. BLD, Justis- og politidepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet finansierer saman den norske deltakinga i programmet.

Det Europeiske Likestillingsinstitutt er oppretta i Vilnius i 2009. Noreg og EFTA-partnarane Island og Liechtenstein har hatt som målsetjing å delta i det europeiske likestillingsinstituttet dersom føresetnaden om medverknad i styringsorgana blir innfridd. Forhandlingane i 2008 om vilkåra for deltaking for EFTA-landa førte ikkje fram.

Samarbeidet i Europarådet

Arbeidet i Europarådets styringskomité for likestilling (CDEG) har i 2008 lagt vekt på å fremme like moglegheiter og rettar for kvinner og menn, motarbeide vald mot kvinner og utvikle vidare det metodiske arbeidet for å integrere likestilling i Europarådet og verksemda til medlemslanda.

Ei tilråding om standardar og mekanismar for likestilling mellom kjønna blei i 2008 omsett til norsk for bruk i arbeidet med nasjonalt arbeid for likestilling. I 2008 vart det vedteke ei tilråding om forskjellar i helsepolitikken. Dette vil kunne bli eit nyttig dokument for å integrere eit kjønnsperspektiv i nasjonalt helsearbeid. CDEG sluttførte primo 2009 arbeidet med ei handbok i Gender budgeting.

Samarbeidet om familiepolitikken i Europarådet er i hovudsak koordinert i ekspertkomiteen for barn og familie, Committee of Experts on Social Policy for Families and Children (CS-SPFC). Noreg har hatt formannskapet sidan 2007. Mandatet utgår i 2009. Komiteen sette i 2008 i gang ei kartlegging av familiepolitiske tiltak i medlemslanda. Målet er å opprette ein database slik at medlemslanda kan hente informasjon og inspirasjon til si eiga politikkutvikling på området.

Ein komparativ analyserapport av familiepolitikken frå 40 medlemsland blei lagt fram i samband med Europarådets familieministerkonferanse i Wien 2009.

FN-samarbeidet

I forlenginga av eksamineringa av Noregs oppfølging av FNs kvinnekonvensjon (CEDAW) i 2007 (Noregs 7. rapport) vart det i 2008 halde fleire regionale konferansar for kommunar og fylkeskommunar, jf. omtale under Eit godt regionalt likestillingsarbeid. Noreg møtte i FNs kvinnekommisjon (CSW), som er ein komité under ECOSOC, der temaet var Financing for gender equality and empowerment of women.

Departementet følgde hausten 2008 arbeidet i Generalforsamlingas 3. komité, som handsamar mellom anna familiepolitikk, barn, unge, likestilling mellom kjønna, etnisk likestilling og livsvilkåra til personar med nedsett funksjonsevne. Det blei forhandla fram om lag 60 resolusjonar, og mange av resolusjonane er knytte til arbeidsområda under BLD.

Motverke diskriminering av gravide i arbeidslivet

BLD ønskjer å styrkje graviditetsvernet og har lagt fram forslag om å lovfeste eit forbod mot å spørje om graviditet, adopsjon og familieplanlegging i tilsetjingsprosessen, jf. Ot.prp. nr. 79 (2008-2009) Om lov om endringer i arbeidsmiljøloven, likestillingsloven, diskrimineringsloven og diskriminerings- og tilgjengelighetsloven.

Eit godt regionalt likestillingsarbeid

BLD har ansvaret for grunnfinansieringa av KUN – senter for kunnskap og likestilling og Likestillingssenteret (tidlegare Kvinneuniversitetet Nord og Kvinneuniversitetet i Hamar). Tilskotet skal medverke til at stiftingane kan fremme likestilling ved å tilby kurs og vaksenopplæring med likestillingsperspektiv som alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.

KUN - senter for kunnskap og likestilling og Likestillingssenteret fekk midlar frå BLD og Kommunal- og regionaldepartementet i november 2007 for å starte eit pilotprosjekt for å opprette regionale senter for likestilling og mangfald. Støtta blei ført vidare i 2008. Målet med stønaden er å medverke til at betre og meir kompetanse er tilgjengeleg i dei regionane sentra skal dekkje, og dermed auke integreringa av likestillingsperspektivet. Dette er eit ledd i vitaliseringa av likestillingsarbeidet. BLD førte òg vidare stønaden til senteret for likestilling i Agder. Sentra har mellom anna vore gode støttespelarar i samband med å implementere aktivitets- og rapporteringsplikta i likestillingslova.

Departementet førte vidare samarbeidet med Agderfylka, Nord-Gudbrandsdal Regionråd og Herøy kommune. Målet er å drive utviklingsarbeid, erfaringsspreiing, opplæring og informasjon med tanke på integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i produksjon av tenester og planlegging lokalt og regionalt. Alle er treårige prosjekt som vil bli avslutta i 2009.

Støtta til prosjektet Heiltid i Kristiansand vart òg ført vidare med støtte frå BLD. Tilskotet dekkjer evaluering av prosjektet, og sluttrapport vil vere tilgjengeleg i 2010.

Departementet har gitt tilsegn om 500 000 kroner for 2009 og 2010 til Universitetet i Agder for prosjektet Umoderne menn: Hvem er de?. Prosjektet skal gi auka kunnskap om dei mennene i Agder-fylka som har lite positive haldningar til likestilling.

Fylkesmennenes arbeid med informasjon og rettleiing, regional og lokal likestilling

Departementet heldt i mai 2008 eit idémøte med fem av embeta for å drøfte korleis ein kunne kome vidare med det arbeidet som ligg til embeta etter likestillingslovas aktivitets- og rapporteringsplikt. Ideane og forslaga frå møtet blei oppsummerte og vil liggje til grunn for vidare oppfølging overfor embeta.

Nye aktivitets- og rapporteringsplikter i diskriminerings- og tilgjengelegheitslovverket tok til å gjelde frå 1. januar 2009. Desse pliktene vil bli sette i samanheng med aktivitets- og rapporteringsplikter i likestillingslova, og det vil bli laga eit samla rettleiings- og informasjonsopplegg i 2009.

Samisk likestilling

Sametinget vedtok hausten 2008 ein tiltaksplan som omhandlar likestilling mellom kjønna, levekåra for lesbiske og homofile og vald i nære relasjonar. BLD har starta eit samarbeid med Sametinget om vidare framdrift for arbeidet med likestilling i det samiske samfunnet.

Tilskot til frivillige organisasjonar på familie- og likestillingsområdet

I 2008 blei det løyvt 3,55 mill. kroner til tilskot til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar.

Midlane blei fordelte av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) til driftstilskot og aktivitetsstøtte. 13 organisasjonar fekk mellom 65 000 og 270 000 kroner i driftstilskot. Det blei fordelt 1 425 000 kroner i aktivitetsstøtte til 16 ulike tiltak/prosjekt.

Det blei løyvt 997 000 kroner til driftstilskot til organisasjonane Aleneforeldreforeningen, Foreningen 2 Foreldre og Vi som har et barn for lite. Midlane blei fordelte mellom dei tre organisasjonane etter medlemstal. Aleneforeldreforeningen fekk 297 724 kroner, Foreningen 2 Foreldre 393 668 kroner og Vi som har et barn for lite 285 607 kroner.

Bevisstheit om menn og mannsroller

Tilskot til Reform – ressurssenter for menn blei auka i 2008. Reform disponerte fem årsverk og hadde knytt til seg 15 til 20 frivillig engasjerte gjennom drift av Mannstelefonen. Reform utarbeidde ein strategisk plan som skal sikre ein identitet og ei rolle som eit synleg nasjonalt kunnskapsmiljø om menn og likestilling.

Sentrale tema og tiltaksområde i 2008 for Reform har vore følgjande:

Menn som fedrar, Menn med minoritetsbakgrunn og sosial inkludering, Utdanning og yrkesval og Førebyggjande arbeid mot vald.

Professorat i kjønnsforsking

Som ledd i satsinga på kunnskapsinnhenting og kunnskapsutvikling om menn og likestilling førte departementet vidare støtta til finansiering av eit professorat i kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo med vekt på menn og likestilling. 2008 blei første året for finansieringa, og stønaden vil halde fram i tre år.

Leggje fram stortingsmelding om menn, mannsroller og likestilling

Regjeringa la i desember 2008 fram St.meld. nr. 8 (2008-2009) Om menn, mannsroller og likestilling. Meldinga blei handsama av Stortinget i mai 2009 og vil bli følgt opp slik Stortinget har bestemt.

Utvikle tiltak som medverkar til at fedrar bruker meir tid med barna

Eit ledd i likestillingsarbeidet har vore å styrkje fedrane si deltaking i kvardagen til eigne barn. Mange helsestasjonar, familiesenter og frivillige organisasjonar har tilbod om pappagrupper, der fedrar kan samlast og utveksle erfaringar om omsorg for spedbarn og småbarn. Fedrar med lang erfaring kan her gi råd og tips til nybakte fedrar for å styrkje dei i farsrolla. BLD har gitt Reform eit tilskot for å utvikle eit opplegg som skal nyttast i pappagrupper.

Prosjektet Bærekraftige familier – likestilte livsløp som starta opp i samarbeid med Kirkens Familievern i Asker og Bærum, blei ført vidare i 2008, men blir no administrert av Arbeidsforskingsinstituttet (AFI). Det overordna målet er framleis å auke menns deltaking i familieliv og barneomsorg. I tillegg kjem det å gjere kåra til småbarnfamilien synleg, bli bevisst strukturelle hinder, betre føresetnadene for likestilte samliv, få kommunar til å forplikte seg til å involvere far i oppveksten til barna, auke samarbeidet mellom familievernet og kommunane og utvikle nye modellar for tilrettelegging av arbeidsplassar som betre kan ta vare på omsorgsrolla til menn.

Frå 2008 er Odda kommune, saman med Asker, knytt til prosjektet.

Inga diskriminering på grunnlag av seksuell orientering

Følgje opp forslag om felles ekteskapslov for homofile og lesbiske par

Stortinget vedtok 17. juni 2008 felles ekteskapslov for heterofile og homofile par. Vedtaket blei gjort etter forslag i Ot.prp. nr. 33 (2007-2008) og Innst. O. nr. 63 (2007-2008) frå Stortingets familie- og kulturkomité.

Det blei mellom anna vedteke endringar i ekteskapslova, barnelova, adopsjonslova og bioteknologilova. Vidare vart det vedteke å oppheve partnarskapslova. Formålet med lovendringa er å sikre rettane til homofile og lesbiske, og støtte homofile og lesbiske i å leve ope og aktivt motverke diskriminering. Lova blei sett i kraft 1. januar 2009. Før iverksetjing av lova blei mellom anna forskrift om fastsetjing av medmorskap vedteke 15. desember 2008. Same dato blei òg forskrift om mellombelse overgangsreglar til ekteskapslova vedteke. Borgarleg vigsleformular blei òg endra og tilpassa lovendringa.

Sikre gjennomføring av handlingsplanen homopolitisk tiltaksplan

Ordninga med tilskot til frivillige organisasjonar som vil setje i gang tiltak som kan medverke til auka livskvalitet for lesbiske, homofile og bifile, blei ført vidare i 2008. Tiltak av og for unge utanfor dei store byane innanfor fleirkulturelle og samiske miljø, innanfor organisert lagidrett og arbeidsliv, blei prioriterte. Det blei totalt gitt støtte til over 40 forskjellige tiltak, og tilskotet varierte mellom 5 000 og 300 000 kroner. Det største tiltaket som fekk støtte, var vidareføring av Noregs Idrettsforbund, Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LLH) og Norsk folkehjelp sitt prosjekt Med idretten mot homohets.

Ordninga har òg medverka til at LLH og Skeiv Ungdom har kunna etablere ei rekkje nye lokallag rundt om i landet. Dette har vore ei viktig styrking av tilbodet til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt) utanfor dei mest sentrale stroka. Fleire lokallag har gjort det enklare for skolar, kommunar og andre å få informasjon og auke kompetansen sin gjennom dialog med kompetente lokale organisasjonar, og på den måten å forbetre innsatsen mot diskriminering av seksuelle minoritetar innanfor ulike offentlege tenester. Frå 2009 er forvaltinga av denne tilskotsordninga overført til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og målgruppa for ordninga er utvida til òg å gjelde transpersonar, slik at tiltaket no omfattar heile lhbt-gruppa.

Regjeringa lanserte i juni 2008 handlingsplanen Bedre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar 2009-2012. Planen, som er den første i sitt slag i verda, fastsette eit nasjonalt mål om nulltoleranse for diskriminering av lhbt-personar og viktige prinsipp om sektoransvar og integrering av lhbt-policy i utviklinga av dei ulike offentlege tenestene. Arbeidet med å gjennomføre dei over 60 tiltaka i planen er forankra i åtte ulike departement og underliggjande etatar.

Statistisk sentralbyrå (SSB) vedtok i 2008 å ta inn seksuell orientering som ein bakgrunnsvariabel i dei faste levekårundersøkingane. Innsamlinga av levekårdata blei gjennomført av SSB hausten 2008. Det er dokumentert at lhbt er overrepresentert når det gjeld psykiske lidingar, sjølvmordsforsøk, rusbruk og ein del seksuelt overførbare infeksjonar (SOI). Det vart òg sett i verk forskingsprosjekt om livskvalitet blant lhbt-personar i den samiske befolkninga, om lhbt-personar sine «kome ut»-prosessar og ei kartlegging av handsaminga av lhbt-tema dei siste tiåra i norske lærebøker.

Diskrimineringsutvalet leverte den 11. januar 2008 ei delinnstilling, NOU 2008:1 Kvinner og homofile i trossamfunn der dei vurderer bortfall av diskrimineringslovenes sine unntak for trussamfunn når det gjeld kvinner og homofile. BLD har i Ot.prp. nr.79 (2008-2009) lagt fram forslag til endringar i likestillingslova og arbeidsmiljølova. Forslaget inneber at all forskjellsbehandling skal vere sakleg grunngitt.

Breitt kunnskapsgrunnlag for samlivs- og likestillingspolitikken

Finansiering av forskingsprogram og prosjekt

Fordeling av foreldrepengar mellom mor og far

NAV har greidd ut om fordeling av foreldrepengar mellom mor og far. Sluttrapporten NAV-rapport 2/2009 kom i mai 2009. Prosjektet gir kunnskap om forhold som innverkar på fordelinga av foreldrepengar mellom foreldra, og om på kva måte foreldra kjem fram til fordelinga. Der foreldra kjem fram til ei løysing i fellesskap, tek far ut lengre permisjon enn i dei tilfella der fordelinga ikkje blir diskutert. Samstundes tok ein fjerdedel ut meir permisjon enn fedrekvoten i dei tilfella der mor i stor grad fekk avgjere. Andre faktorar som påverkar fordelinga, er yrka og fødelandet til far og amming. Over halvparten av fedrane ønskjer å ha lengre permisjon enn dei har hatt. Fleire fedrar enn mødrer oppgir at arbeidsgivar ikkje ønskte at dei skulle ha langt fråvær frå arbeidsplassen.

Evaluering av Likestillings- og diskrimineringsombodet

Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) har i 2008 gjennomført ei evaluering av Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO). AFI evaluerte LDOs funksjon som lovhandhevar av likebehandlingslovene og pådrivar for likestilling og likebehandling. Forskarane hevdar at det er svake sider ved den interne organiseringa og arbeidsmiljøet. Vidare meinar dei at LDO har kome kort i å sjå dei ulike diskrimineringsgrunnlaga i samanheng, er relativt lite kjent ute blant folk og er ikkje tilstrekkeleg aktiv og synleg som aktør i det offentlege arbeidet mot diskriminering og for likebehandling og likestilling. Forskarane kjem med fleire tilrådingar til ombodet, mellom anna om at ombodet bør utvikle seg i retning av ein perspektivformidlar. Forskarane meiner at ombodet bør utarbeide ein mediestrategi for å klargjere verkeområdet for ombodet.

Kartlegging av norske haldningar til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar

Prosjektet ved Universitetet i Bergen starta opp i 2007 og blei avslutta i 2008. Prosjektet viser at eit fleirtal av både kvinner og menn stiller seg nøytrale eller positive til denne gruppa. Fleire menn enn kvinner har negative haldningar. Dei mest negative haldningane er menns haldningar til homofile menn. Negative haldningar kan sjåast i samanheng med alder, urbanitet, religion, utdanning og kjønnsrollemønster.

Arten og omfanget av diskrimineringa

Institutt for samfunnsforskning (ISF) gjennomførte i 2008 eit forprosjekt om diskrimineringas art og omfang. Formålet med forprosjektet var mellom anna å gi ei oversikt over kunnskapen om metoden situasjonstesting, avklare etiske forhold med nasjonal forskingsetisk komité (NESH) og utforme forslag til hovudprosjekt. Situasjonstesting er ein metode som går ut på å bruke fiktive søkjarar på faktisk utlyste jobbar slik at etnisk diskriminering blir avslørt. International Labour Office (ILO) anbefaler metoden. Den er nyttiggjort i Sverige og Danmark og ei rekke andre land. Metoden er hittil ikkje nytta i Noreg. NESH gav våren 2009 samtykke til denne forskinga, og hovudprosjektet er sett i gang.

Prosjekt som blir førte vidare:

Størstedelen av forskingsmidlane under kap. 846 er gitt i stønad til to program under Noregs forskingsråd:

Program for velferdsforsking blei avslutta i mars 2009. Programmet blir deretter ført vidare i det nye programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM). Programperioden er 2009-2018, første periode er 2009-2012.

Det blei i 2008 oppretta eit nytt Program for kjønnsforsking, som skal gå over perioden 2008-2012.

Fafo har gjennomført eit prosjekt om familieforhold og likestilling blant personar med etnisk minoritetsbakgrunn. Prosjektet hadde oppstart i 2007 og er avslutta hausten 2009.

LOGG

Støtta til undersøkinga Livsløp, generasjon og kjønn (LOGG) vart førd vidare Prosjektet er eit samarbeid mellom NOVA og SSB og er ein del av eit stort internasjonalt program med deltaking frå 30 land. Ein viktig bakgrunn for studien er demografiske endringar som låge fødselstal og fleire eldre. Innsamlinga av data blei avslutta i 2008. Resultata frå dei første analysane er presenterte i Samfunnsspeilet 1/2009. Det blir forska på ei rekkje tema med relevans for politikkutvikling som fruktbarheit, pardanningar, yrkesdeltaking og barneomsorg, forholda mellom generasjonar, pensjonsåtferd, helse og livskvalitet.

For 2009 har departementet gitt midlar til fleire analysar av dette materialet. Desse analysane vil mellom anna kaste lys over verknaden av religion og kultur for likestilling mellom kjønna, kva som kjenneteiknar familiar med utradisjonelle forsørgjarmodellar, som at mor tener meir enn far, korleis arbeidsdelinga er i familiar der ein av partane har nedsett funksjonsevne, og korleis våre haldningar til likestilling blir omsette til praktiske handlingar. Det vil òg bli vurdert i kva grad psykologiske faktorar påverkar korleis vi praktiserer likestilling i familien.

Eit inkluderande samfunn som sikrar alle like moglegheiter til å delta (St.prp. nr. 1 (2007-2008) Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Aktiv innsats mot diskriminering og rasisme

Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering

Ny handlingsplan mot etnisk diskriminering blei lagt fram i april 2009. Planen skal strekkje seg over fire år med ein midtvegsrapport etter to år. Sentrale område i planen er arbeidsliv, offentleg tenesteyting, barnehage/skole/utdanning og diskriminering på utestader.

ECRI

Europarådet har etablert Den europeiske kommisjon mot rasisme og intoleranse (ECRI). Kommisjonen har i oppgåve å overvake menneskerettar og utarbeider ein rapport på bakgrunn av undersøkingar av det generelle arbeidet for å motverke rasisme og intoleranse i dei enkelte landa. Slike landrapportar blir utarbeidd kvart fjerde år.

ECRI offentleggjorde sin fjerde landrapport om Noreg den 24. februar 2009. Eit tiltak i handlingsplanen mot etnisk diskriminering vil vere å vurdere nærmare tilrådingane frå ECRI.

FoU

BLD har i 2008, i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, gitt SSB i oppdrag å gjennomføre ein tilleggsanalyse av data om levekår blant personar med etnisk minoritetsbakgrunn, jf. SSB-rapport 2008/5 Levekår blant innvandrere i Norge 2005/2006. Formålet med prosjektet er å analysere opplevd diskriminering.

IT Funk

IT Funk er ei tverrgåande satsing under Noregs forskingsråd knytt til personar med nedsett funksjonsevne og deira behov for ny teknologi. Gjennom fleire år har satsinga utvikla ein unik arbeidsmodell, med tett samarbeid mellom næringsliv, FoU-miljø, brukarorganisasjonar og offentlege instansar. IT Funk vart frå og med 2007 ført vidare i seks nye år.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Inga diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering eller etnisk bakgrunn

Godt regionalt og lokalt likestillings- og diskrimineringsarbeid

Tal på gjennomførte tiltak i handlingsplanane

Ei samla lov mot diskriminering på alle grunnlag er greidd ut

Eit likestillings- og familievennleg arbeidsliv

Perspektivet likestilte foreldre integrert i arbeidsliv og kommunal tenesteyting

Inga diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering eller etnisk bakgrunn

Godt regionalt og lokalt likestillings- og diskrimineringsarbeid

Likestilling for alle

BLD har ei pådrivar- og rettleiarrolle for å fremme likestilling og hindre diskriminering på ulike grunnlag overfor andre departement. Samstundes har kvart departement eit særskilt ansvar for å utvikle mål og strategiar på sine eigne fagområde. Integrering av arbeidet for likestilling i det ordinære daglege arbeidet, og å sikre at arbeidet blir forankra i leiinga i den einskilde verksemda er viktige verkemiddel for å lykkast i arbeidet for å fremje likestilling på ulike grunnlag.

BLD vil styrkje arbeidet med å sjå dei ulike diskrimineringsgrunnlaga meir i samanheng. Arbeidet med ei samla lov mot diskriminering på ulike grunnlag, jf. omtale under, og arbeidet med å sikre at aktivitets- og rapporteringspliktene i likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova blir følgte opp av aktørane som er omfatta av plikta, er viktige element i dette arbeidet. Våren 2009 har BLD, i samarbeid med partane i arbeidslivet og Likestillings- og diskrimineringsombodet, utarbeidd ei rettleiing for arbeidslivet i korleis fremme likestilling og hindre diskriminering ut frå kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne. Departementet vil føre vidare arbeidet med å få auka kjennskap til pliktene etter dei tre lovene, både blant offentlege og private aktørar. Departementet tek òg sikte på å setje i gang pilotprosjekt for aktørar som er omfatta av aktivitets- og rapporteringspliktene, jf. tiltak i Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009-2012).

For å sikre god informasjon om korleis likestillingsperspektivet på ulike grunnlag bør bli integrert i statleg utgreiingsarbeid, vil BLD revidere innhaldet i gjeldande rettleiingar og utarbeide ei felles rettleiing på ulike grunnlag.

Likestilling mellom menn og kvinner

Regjeringa skal framleis ha ein tydeleg profil når det gjeld likestilling mellom kjønna, både nasjonalt og internasjonalt. BLD gir råd til dei andre departementa om integrering av kjønns- og likestillingsperspektiv i statsbudsjettet. Ei evaluering, utført av DIFI, om korleis departementa integrerer kjønnsperspektivet i sine budsjett, vil vere utgangspunktet for den vidare satsinga på dette feltet.

BLD vil, saman med andre departement og frivillige organisasjonar, førebu markeringa av 100-årsjubileet for allmenn stemmerett i 2013.

Styrkje det regionale likestillingsarbeidet

Departementet vil føre vidare innsatsen for det regionale likestillingsarbeidet. Offentlege og private verksemder skal ta hand om likestillings- og mangfaldsperspektivet både som tenesteytar og arbeidsgivar på lokalt og regionalt nivå. Det er sett av midlar til vidareføring av dei tre regionale likestillingssentra: Likestillingssenteret i Hamar, Kun – Senter for kunnskap og likestilling i Steigen og Senter for likestilling i Kristiansand. Dei skal følgje opp lokale og regionale verksemder gjennom rettleiing, opplæring og erfaringsutveksling. Dei regionale sentra skal også bidra til at lokale verksemder synleggjer kjønnsperspektivet innanfor andre diskrimineringsgrunnlag. Verksemda skal evaluerast i 2010.

Dei regionale sentra for likestilling og mangfald skal ha ei informasjons- og pådrivarrolle for aktivitets- og rapporteringsplikta etter likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova. Dei skal mellom anna spreie kunnskap om rettleiinga for å fremme likestilling og hindre diskriminering i arbeidslivet, som blei lansert i mai 2009.

Departementet vil arbeide vidare med oppfølginga av erfaringane frå dei tre regionale prosjekta i Herøy kommune, Møre og Romsdal, Nord-Gudbrandsdal Regionråd i Oppland og dei to Agderfylkas 10-årssatsing på likestilling. Erfaringane blir presenterte på ein avsluttande konferanse i oktober 2009, og her blir det arrangert ein idédugnad for vidare regional utvikling. Det er stort behov for utviklingsarbeid, erfaringsspreiing, opplæring og informasjon om integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i tenesteproduksjon og planlegging lokalt og regionalt, og det er no lagt eit godt grunnlag for vidare oppfølging der departementet for 2010 vil prioritere informasjonsarbeid.

Departementet vil halde fram samarbeidet med fylkesmennene som pådrivar for kommunal oppfølging av aktivitets- og rapporteringspliktene.

Departementet har hatt kontakt med Sametinget om realiseringa av den likestillingsplanen som tinget vedtok i november 2008. Departementet tek sikte på å støtte det vidare arbeidet med oppfølging av planen. BLD skal, i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Sametinget, opprette ei stilling ved Gáldu- kompetansesenter for rettar til utfolka frå 2010 som eit prøveprosjekt fram til 2012.

Om menn og maskulinitet som ledd i utvikling av eit kjønnsperspektiv på alle politikkområde

St.meld. nr. 8 (2008-2009) Om menn, mannsroller og likestilling blei handsama i Stortinget i mai 2009, og på nyåret 2010 vil det liggje føre ei samla oversikt med oppfølgingsansvar for dei i alt 72 tiltaka som Stortinget har slutta seg til. Målsetjinga vil framleis vere å få menn meir aktivt med i utviklinga av eit kjønnslikestilt samfunn.

Departementet har gitt støtte til det utviklingsarbeidet som blei starta i 2007 for å gi fedrar meir tid og betre arenaer for samvær med barna sine. Prosjektet Bærekraftige familiar – likestilte livsløp har som mål å leggje til rette for meir likestilte samliv, sjå korleis det offentlege tenestetilbodet påverkar sjansane for at menn lukkast som likestilte partnarar og korleis familievernet kan drive utviklingsarbeid på dette området i organisasjonar som del av sin verksemd. Prosjektet blir gjennomført i Asker og Odda kommunar. I Odda er bedrifta Boliden AB med som part i samarbeidet. Prosjektet blir avslutta seinhausten 2009, og erfaringane vil bli spreidde i 2010 i konferansar og ved rapportformidling

Inga diskriminering på grunn av seksuell orientering

Den auka innsatsen til regjeringa for å sikre rettane til lesbiske og homofile, støtte homofile og lesbiske i å leve ope og aktivt motarbeide diskriminering blir ført vidare i 2010. Regjeringa sin Handlingsplan for bedre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, 2009-2012 er det viktigaste grunnlaget for innsatsen overfor lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt) i perioden.

Det overordna målet i perioden er å få slutt på den diskrimineringa som mange lhbt-personar opplever i ulike livsfasar og sosiale samanhengar. Planen skal bidra til betre levekår og livskvalitet for gruppa.

Integrering av lhbt-kompetanse og nødvendig tilpassing av regelverk og tilbod på alle samfunnsområde er det sentrale verkemiddelet i handlingsplanen. Dei viktigaste tiltaka i 2010 er:

  • føre vidare arbeidet med å vurdere etablering av eit ressurssenter for lhbt-spørsmål.

  • Arbeidet for å auka bevisstheita i arbeidslivet skal styrkast i samarbeid med partane i arbeidslivet, og Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Arbeidstilsynet og Likestillings- og diskrimineringsombodet.

  • Det skal gjennomførast forskingsprosjekt om lhbt i etniske minoritetsmiljø og i arbeidslivet. SSB har samla inn levekårstal der seksuell orientering er med som variabel. Når datagrunnlaget er tilrettelagt skal materialet analyserast.

  • Støtta til ulike prosjekt og tiltak av og for lhbt-personar, i regi av relevante organisasjonar, blir ført vidare. Prosjekt knytt opp mot lhbt-personar og haldningsarbeid i bedrifter og arbeidsliv har særleg prioritet i 2010. Prosjekt knytt til fleire diskrimineringsgrunnlag, lhbt-ungdom, eldre lhbt-personar, og lhbt-personar i idrettsmiljø er også aktuelle.

Aktiv innsats for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering

Regjeringa vil føre vidare arbeidet for eit tolerant, fleirkulturelt samfunn og mot rasisme og diskriminering. Alle har dei same menneskerettar, plikter og høve uavhengig av etnisk bakgrunn.

Innsatsen i Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering 2009–2012 er retta mot den diskrimineringa som særleg personar med etnisk minoritetsbakgrunn og barna deira, samar og nasjonale minoritetar kan oppleve på grunn av etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn. Planen inneheld 66 nye tiltak og er særleg retta mot arbeidsliv, offentleg tenesteyting, barnehage/skole/utdanning, bustadmarknad og diskriminering ved utestader. I 2010 vil departementet føre vidare arbeidet med å setje i verk tiltak i planen.

BLD koordinerer arbeidet med oppfølging av planen. Tiltaka i planen er forankra i ni departement. Planen fremmer samarbeidet med partane i arbeidslivet. I planperioden vil regjeringa samarbeide med dei åtte hovudorganisasjonane i arbeidslivet om felles tiltak for å kjempe mot diskriminering i arbeidslivet.

Eitt av hovudmåla med handlingsplanen er å bidra til ei god implementering av dei nye aktivitets- og rapporteringspliktene, jf. omtale ovanfor.

Eit anna hovudmål er å auke kunnskapen om art, omfang og årsaker til diskriminering for å kunne setje i verk meir treffsikre tiltak.

Departementet vil arbeide for likestilling for jenter og kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn. I dette arbeidet er det viktig å ha ein aktiv dialog både med dei tradisjonelle kvinneorganisasjonane i Noreg og med organisasjonane som er retta mot ulike grupper kvinner med minoritetsbakgrunn. Det er eit mål at fleire kvinner med minoritetsbakgrunn kjem ut i arbeid.

Det er òg eit mål å auke prosentdelen personar med minoritetsbakgrunn til styra i offentleg eigde føretak. BLD vil setje i verk eit utgreiingsarbeid som mellom anna skal vurdere ikkje-rettslege verkemiddel for å auke prosentdelen personar med minoritetsbakgrunn til styra i offentleg eigde føretak.

Internasjonalt samarbeid på samlivs-, likestillings- og likebehandlingsområdet

Gjennom ei rekkje konvensjonar og avtalar er Noreg forplikta til å fremme likestilling og hindre diskriminering på ulike grunnlag. BLD vil halde fram med arbeidet for at kjønnsperspektivet og likebehandling på ulike diskrimineringsgrunnlag skal gjennomsyre norsk innsats i FN og andre faste organ for internasjonalt samarbeid. Krava i likestillingslova om jamn kjønnsrepresentasjon i utval, råd og delegasjonar skal etterstrevast når Noreg deltek i internasjonal samanheng, og vere eit mål i norske forhandlingsposisjonar.

FN-samarbeidet

Noreg vil halde ein høg profil i FN-fora der kvinnespørsmål og ikkje-diskrimineringsspørsmål står på dagsordenen. Departementet vil følgje arbeidet i 3. komité under FNs generalforsamling, som omhandlar familiepolitikk, barn og unge, likestilling mellom kjønna, etnisk likestilling og personar med nedsett funksjonsevne. FNs generalforsamling vedtek ei rekkje resolusjonar som omhandlar politikkområde som BLD er ansvarleg for. Departementet vil følgje opp sakene i samarbeid med Utanriksdepartementet og andre relevante departement.

Departementet vil samarbeide med relevante organisasjonar i og utanfor Noreg i tilknyting til arbeidet i FN. Departementet har årleg halde ein kontaktkonferanse for styresmaktene og frivillige organisasjonar for å førebu og drøfte hovudtemaet for møtet i FNs kvinnekommisjon (CSW). I 2010 vil departementet utvide kontaktkonferansen til å omhandle alle ikkje-diskrimineringsspørsmål, og knytte konferansen til arbeidet i 3. komité under FNs generalforsamling.

Gjennomføring av konferansen vil skje i nært samarbeid med organisasjonar som Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (FOKUS) og andre frivillige organisasjonar som arbeider mot diskriminering. Noreg vil også delta på møte i CSW, som er ein komité under ECOSOC, våren 2010, som elles også vil markere 15-årsjubileet for toppmøtet i Beijing i 1995 (Beijing-plattforma). Noreg har rapportert om status for kvinners rettar til UN ECE, som arrangerer eit regionalt førebuingsseminar i Europa hausten 2009.

Noreg skal levere sin 8. rapport om oppfølging av FNs kvinnediskrimineringskonvensjon (CEDAW) i 2010. Rapporten vil bli utforma i samarbeid med alle departement og med innspel frå frivillige organisasjonar i Noreg.

Hausten 2009 har Noreg rapportert om oppfølging av FNs konvensjon om avskaffelse av alle former for rasediskriminering (CERD). Rapporteringa er laga i eit breitt samarbeid med alle departementa og ei rekkje organisasjonar. Eksaminasjonen vil truleg gå føre seg i 2010.

Handlingsplanen for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering er eit ledd i å følgje opp Noregs internasjonale forpliktingar knytte til å kjempe mot etnisk diskriminering. Noreg deltok aktivt i forhandlinga om sluttdokumentet under FNs Tilsynskonferanse mot rasisme (Durban II), som fann stad i Genève i april 2009. BLD vil arbeide for å følgje opp sluttdokumentet nasjonalt.

Samarbeidet i Europarådet

Mandatet til Europarådets styringskomité for likestilling (CDEG) byggjer på Handlingsplanen frå Europarådets toppmøte i Warszawa i 2005 og Ministermøtet i Stockholm i 2006. Sentrale tema i komiteen er fremming av samla standardar og mekanismar for likestilling og effektiv bruk av gender mainstreaming. Dette inneber mellom anna integrering av kjønnsperspektivet i budsjettarbeid og balansert deltaking av kvinner og menn i politikk og avgjerdprosessar. Det er sett i gang eit arbeid med å få fram eit nytt instrument for å kjempe mot vald mot kvinner. Noreg er deltakar i komiteen som leiar dette arbeidet. Noreg skal framleis delta aktivt i CDEG i 2010.

BLD vil koordinere arbeidet med å følgje opp ECRI (Den europeiske kommisjon mot rasisme og intoleranse som er etablert av Europarådet) sin fjerde landrapport om Noreg, som blei lagt fram i februar 2009. ECRI overvakar arbeidet til medlemslanda for å hindre rasisme og intoleranse, og gir ei rekkje tilrådingar til tiltak. Europarådet er òg særs viktig for arbeidet med rettane for personar med nedsett funksjonsevne.

Barne- og likestillingsdepartementet bidrar og i Europarådets arbeid for ei betring av høva for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt) i Europa.

Norden og nærområda

BLD vil styrkje arbeidet for likestilling og mot diskriminering i nordisk samarbeid, mellom anna gjennom arbeidet i Ministerrådet for likestilling. Det er eit mål å utvide omgrepet likestilling i det nordiske samarbeidet til å omfatte fleire diskrimineringsgrunnlag enn kjønn, så som etnisitet, nedsett funksjonsevne og seksuell orientering, og sjå desse i samanheng.

Samarbeid med EU og i EØS

Arbeidet med å implementere ein aktiv europapolitikk vil halde fram i 2010. Departementet vil styrkje dette arbeidet ytterlegare ved å opprette ei rådstilling ved Noregs EU–delegasjon i Brussel med ansvar for barne-, ungdoms-, familie-, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken som arbeidsområde. Noreg deltek i dei fleirårige rammeprogramma PROGRESS (2007-2013) og DAPHNE III (2007-2013). Departementet vil vurdere om ein skal føre vidare ordninga med ein nasjonal ekspert i DG Employment under PROGRESS i 2010 også for den resterande programperioden.

Departementet vil halde fram med å mobilisere for auka deltaking frå norske NGO-ar i EUs programsamarbeid.

Noreg deltek i EUs handlingsprogram DAPHNE III. BLD har ansvaret for å koordinere den norske deltakinga i programmet. Noregs deltaking i programmet blir finansiert etter ein fordelingsnøkkel mellom BLD (40 prosent), Justis- og politidepartementet (30 prosent) og Helse- og omsorgsdepartementet (30 prosent). Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) vil leggje til rette for norske prosjektsøknader til DAPHNE III.

Departementet vil følgje opp EUs arbeid med rettane til personar med nedsett funksjonsevne.

Ei samla lov mot diskriminering på alle grunnlag er greidd ut

Eit lovutval la fram innstillinga NOU 2009:14 Et helhetlig diskrimineringsvern 19. juni 2009. Utvalet hadde i oppgåve å greie ut (1) ei samla lov mot diskriminering, (2) ratifikasjon og innlemming av Den europeiske menneskerettskonvensjonens tilleggsprotokoll nr. 12 om diskriminering og (3) diskrimineringsvern i grunnlova (med mindre ein kommisjon oppnemnt av Stortinget får i oppdrag å greie ut dette). Noreg har i dag lovfesta forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønn, etnisitet, nasjonalt opphav, funksjonshemming, alder, graviditet, religion, permisjon, etc. Diskrimineringsvernet er ulikt avhengig av kva som er grunnlaget for diskrimineringa. Utgreiinga blei sendt ut til brei høyring i juni 2009 med frist ut 2009.

Eit likestillings- og familievennleg arbeidsliv

Perspektivet likestilte foreldre integrert i arbeidsliv og kommunal tenesteyting

Departementet vil arbeide for eit meir familievennleg arbeidsliv. I regjeringas handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner er dette eitt av tiltaka som BLD har ansvar knytt til. Det går fram av handlingsplanen at departementet, i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten, vil styrkje informasjonen til foreldra om korleis dei kan fordele stønadsperioden seg imellom. I St.meld. nr. 8 (2008-2009) Om menn, mannsroller og likestilling går det òg fram at regjeringa vil samarbeide med partane i arbeidslivet for å styrkje informasjonen om arbeidstakaranes rettar til å tilpasse arbeid til familieliv, og for å utforme tiltak som stimulerer arbeidsgivarar til å ha ein personalpolitikk med bevisste strategiar for permisjonstakarar og arbeidstakarar med barn.

Departementet har hatt eit møte med dei ti største organisasjonane i arbeidslivet og diskutert ulike tiltak. Departementet vil i samarbeid med desse organisasjonane arrangere ein konferanse i 2010. Konferansen skal fremme eit meir familievennleg arbeidsliv mellom anna ved betre informasjon og gode eksempel. Tiltak for å støtte opp om moglegheitene fedrar har til å ta ut meir av foreldrepengane, vil òg vere viktige for å fremme eit meir familievennleg arbeidsliv.

For å sikre at statlege arbeidsplassar står fram som familietilpassa, vil departementet følgje opp tilrådingane for personalpolitikk særskilt ved graviditet og ved uttak av foreldrepermisjon som er blitt utarbeidde. Det er både eit ønske at tilsette i staten skal kunne kombinere omsorg for barn med aktiv og brei yrkesdeltaking, og at omsorg for barn blir delt mellom foreldra.

I 2009 avslutta departementet ei utgreiing om Rett til lønn under omsorgspermisjon ved fødsel/omsorgsovertakelse og under amming. Rapporten skisserer tre moglege modellar for korleis lønn under ammefri og under omsorgspermisjon for fedrar kan finansierast. Utgreiinga er sendt ut til brei høyring, og vil bli følgt opp på vanleg måte.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

Forskings- og utviklingsmidlane på denne posten blir i hovudsak nytta til finansiering av større og mindre enkeltprosjekt av særleg relevans på områda samliv, likestilling og antidiskriminering. Det er mellom anna sett av midlar til gjennomføring av regjeringas handlingsplanar Betre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar 2009–2012, jf. òg post 72, og Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering.

Departementet har frå og med september 2009 oppretta ei rådsstilling ved EU-delegasjonen i Brussel med ansvar for barne-, familie-, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken. Posten er auka som følgje av årseffekt av denne stillinga.

Post 50 Forsking, kan nyttast under post 21

4 mill. kroner skal gå til Kjønnsforskingsprogrammet og 2,5 mill. kroner til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon begge under Noregs forskingsråd. Det er sett av 1,5 mill. kroner til analysar av prosjektet Livsløp, generasjon og kjønn (LOGG). Vidare er det sett av 1,25 mill. kroner til prosjektet Diskrimineringens art, omfang og årsaker, 1,8 mill. kroner til forsking om levekåra til homofile, lesbiske, bifile og transpersonar, og midlar til andre prosjekt på samlivs-, likestillings- og likebehandlingsområdet.

Post 70 Tilskot

Posten blir nytta til tiltak og prosjekt for å fremme kjønnslikestilling, og til tilskot til frivillige organisasjonar. Departementet vil i 2010 føre vidare støtta på 2,1 mill. kroner til dei regionale likestillingssentra. Løyvinga på 4 mill. kroner til grunnfinansiering av Reform – ressurssenter for menn blir ført vidare, likeins 650 000 kroner til organisasjonen for transkjønna, Harry Benjamin ressurssenter (tidlegare Landsforeningen for transseksuelle), 540 000 kroner til Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål, og 500 000 kroner til oppfølging av Sametingets likestillingsplan. Det blir òg sett av midlar til finansiering av professorat i manns- og likestillingsforsking ved Universitetet i Oslo.

2,55 mill. kroner er sette av til tilskot til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar, jf. omtale nedanfor. Løyvinga til formålet er føreslått redusert med 1 mill. kroner frå saldert budsjett 2009 til interne omprioriteringar.

Tilskot til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar

Målet med tilskotsordninga er å bidra til debatt, auka kunnskap og synleggjering av familie- og likestillingspolitiske tema. Ordninga skal leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane kan supplere og korrigere det offentlege familie- og likestillingspolitiske arbeidet.

Det blir gitt tilskot til drift av frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk og til tiltak/prosjekt som er i tråd med formålet med tilskotsordninga. Midlane blir lyste ut, og tildeling skjer èin gong i året på grunnlag av søknad. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitte av departementet i rundskriv Q-17/2010.

Post 71 Særlege familiepolitiske tiltak

Løyvinga blir nytta til driftstilskot til Aleneforeldreforeningen, Foreningen 2 Foreldre og foreininga Vi som har et barn for lite. Tilskotet blir fordelt mellom dei tre organisasjonane etter medlemstal. Midlane blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitte av departementet i rundskriv Q-17/2010.

Post 72 Tiltak for lesbiske og homofile

Løyvinga vil bli nytta til tilskot til LLH, Skeiv ungdom, bladet BLIKK og relevante prosjekt i regi av ulike interesseorganisasjonar. 150 000 kroner er flytta til kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01 Driftsutgifter til finansiering av administrative kostnader for Bufdir knytte til forvalting av tilskotsmidlar til tiltak og prosjekt.

Post 73 Tilskot til likestillingssenter

Det er sett av midlar til delfinansiering av drift av Likestillingssenteret i Hamar og Kun – Senter for kunnskap og likestilling (tidlegare Kvinneuniversitetet i Nord).

Post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast

Noreg deltek i det fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007-2013). Programmet inkluderer følgjande område: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår, arbeid mot diskriminering og for mangfald.

Løyvinga er føreslått auka med 5 mill. kroner som følgje av at kontingenten til PROGRESS har auka.

Kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter for Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne

7 153

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

31 044

27 249

28 121

50

Forsking

6 920

5 821

70

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

144 055

150 753

155 577

71

Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan overførast, kan nyttast under post 21

18 570

20 484

Sum kap. 847

182 252

203 492

210 003

BLD har ansvaret for koordineringa av politikken for personar med nedsett funksjonsevne. Regjeringa praktiserer prinsippet om sektoransvar. Det vil seie at alle departement med underliggjande etatar skal innarbeide strategiar og tiltak for personar med nedsett funksjonsevne på sine område.

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Auka tilgjenge og universell utforming

Ny handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge blei lagt fram i mai 2009 og inneheld tiltak på områda til 16 departement.

Ny diskriminerings- og tilgjengelegheitslov (DTL)

Eit lovutval har greidd ut ei styrking av det rettslege vernet mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne, NOU 2005:8 Likeverd og tilgjengelegheit, og føreslo ei eiga lov mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelova). Regjeringa la fram ein odelstingsproposisjon med oppfølging av forslaget til lovutvalet 4. april 2008. Lova vart vedteken 20. juni 2008 og sett i kraft 1. januar 2009.

Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne

Dokumentasjonssenteret blei innlemma i Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) frå 1. januar 2009. I 2008 gav Dokumentasjonssenteret ut sin andre statusrapport, Statusrapport 2008 – Samfunnsutviklinga for personar med nedsett funksjonsevne. Rapporten omhandlar særleg barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira.

Tilskot forvalta av Helsedirektoratet

Forsking om personar med nedsett funksjonsevne

Statistisk sentralbyrå har på oppdrag frå mellom anna Helsedirektoratet gjennomført ei stor og brei nasjonal undersøking om levekår, helse og funksjonsevne. Dei første resultata frå undersøkinga blei tidleg i 2009 presenterte på ein større konferanse om levekåra til personar med nedsett funksjonsevne.

Kampanjen Ingen hindring

Som ein avsluttande del av kampanjen Ingen hindring vart alle 5. til 8. klassar i landet utfordra til å teste om skolen deira var lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne. 94 klassar frå 17 fylke tok Skoletesten. Øvingane gav elevane innsikt i og større forståing for dei daglege utfordringane elevar med nedsett funksjonsevne møter.

Tiltak for å auke sysselsetjinga til personar med nedsett funksjonsevne

Som eit tiltak for å auke sysselsetjinga vart trainee-programmet for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne initiert i direktorata. Programmet er eittårig. Oppslutninga om programmet var stor. Av 186 søkjarar vart 20 traineear tilsette i fem direktorat/tilsyn.

Evalueringar

Stiftelsen Samordningsrådet for mennesker med utviklingshemning (SOR) har i perioden 2005 til 2008 teke imot basisfinansiering frå Helsedirektoratet som forvaltar midlane på vegne av BLD. Basisfinansieringa vart evaluert i 2008. Helsedirektoratet har koordinert evalueringa av SOR med statusgjennomgangen av Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemning. BLD vil i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet vurdere nærmare oppfølging av evalueringane.

Kampanjen litt enklere

Kampanjen i 2008 vart gjennomført av Deltasenteret i samarbeid med NHO reiseliv og var retta mot dei som eig eller driv serveringsstader. Kampanjen var retta inn mot råd om korleis ein kan forbetre tilgjenget i eksisterande verksemder. Det er utvikla to brosjyrar, tre korte filmar og ei heimeside (littenklere.no). Det er vidare gjennomført kartlegging av totalt ti sentrale serveringsstader i kvar av dei seks største byane i 2009. Kartlegginga viser at dei fleste serveringsstadene har manglar som gjer dei vanskeleg tilgjengelege for gjester med nedsett funksjonsevne.

Barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira

Helsedirektoratet har avslutta opplæringsprogrammet for kommunalt tilsette, TaKT, etter gjennomføring av kurs i 2008 og spreiing av kursheftet Jakten på de gode løsningene, som er retta inn mot kommunane.

Hausten 2007 starta Familieveiviserprosjektet som ei vidareføring av erfaringar frå TaKT. Prosjekt Familieveiviser (2008-2010) har som mål å medverke til eit betre tenestetilbod for familiar med barn med nedsett funksjonsevne, gjennom å utvikle modellar som skal sikre reell brukarmedverknad, individuell plan og hovudansvarleg tenesteytar til familiar som ønskjer det. Modellane skal baserast på god samhandling mellom kommunar og spesialisthelsetenesta og brukarar. I 2008 var det i gang åtte pilotprosjekt, det blei utarbeidd felles informasjonsstrategi og halde samlingar for erfaringsutveksling mellom pilotane. Evaluering er under oppstart.

Fritid før og etter skoletid

Det er gjennomført ei spørjeundersøking til 100 kommunale koordinerande einingar for habilitering og rehabilitering om kommunalt og privat tilbod til barn med nedsett funksjonsevne før og etter skoletid. I 52 prosent av kommunane er kommunale bygg og anlegg i stor grad tilpassa barn og unge med nedsett funksjonsevne. 79 prosent av kommunane har tilbod om tilpassa plass i SFO til barn og unge med nedsett funksjonsevne i aldersgruppa 6-10 år, medan 68 prosent av kommunane har det same tilbodet til aldersgruppa 11-14 år. Idrett, musikk og ungdomsklubb peiker seg ut som dei fritidsaktivitetane som flest barn og unge med nedsett funksjonsevne deltek i. Nær tre av fire kommunar har offentlege eller private fritidstilbod til barn og unge med behov for individuelt tilsyn.

I samarbeid med Kristiansand kommune blir det gjennomført eit informasjons- og utviklingsarbeid om fritid. I tillegg til ei heimeside, fritidforalle.no, blir det arrangert regionale nettverkssamlingar.

Kunnskap om levekår for familiane og talet på barn med nedsett funksjonsevne

Det er lite kunnskap om korleis barn med nedsett funksjonsevne påverkar levekåra for familiane. Det er starta eit prosjekt ved NTNU som skal bruke data frå Helseundersøkelsene i Nord-Trøndelag for å hente inn data om familiar med barn med nedsett funksjonsevne. Oslo kommune gjennomfører ei større kartlegging av talet på barn med nedsett funksjonsevne og mellom anna kva for tenester dei mottek, og kva for tenester dei etterlyser. Begge prosjekt leverer rapport 4. kvartal 2009.

Familieprosjektet

Satsinga på utvikling av familieretta lærings- og meistringstilbod over heile landet, leia av Nasjonalt kompetansesenter for læring og meistring, Aker universitetssykehus HF, blei avslutta i 2008. Prosjektet, inklusive Familienettet og Familieprosjektet, vart evaluerte i 2008. Samtidig med Familieprosjektet har det vore sett i gang mange andre tilbod, og parallelt er det etablert lærings- og meistringssenter (LMS) ved alle helseføretak. Helse- og omsorgsdepartementet har gitt Helse Sør-Øst RHF i oppdrag å nytte erfaringane frå Familieprosjektet i vidareutvikling av familieretta tilbod ved LMS.

Tiltak for personar med etnisk minoritetsbakgrunn

Det er utarbeidd ein eigen brosjyre på fleire språk til minoritetsspråklege familiar med informasjon om auka risiko for å få barn med nedsett funksjonsevne når foreldre er i nær slekt.

Kompetansesentra for sjeldne og lite kjente diagnosar og funksjonshemmingar har fått midlar til omsetjing av informasjonsmateriale, utvikling og tilrettelegging av tilbod for minoritetsspråklege familiar.

Deltasenteret

Deltasenteret arbeider med å identifisere samfunnsskapte funksjonshemmande hindringar og syne korleis desse kan fjernast eller reduserast.

Sentrale arbeidsoppgåver i 2008 har vore koordinering av arbeid med indikatorar for tilgjenge, standardiseringsarbeid, tiltak i regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge, rettleiing og bidrag i kompetansebygging lokalt og regionalt.

Det er sett i gang utgreiingsarbeid for 12 skolar som er valde ut fordi dei har fått ymse prisar eller god omtale. Deltasenteret ønskjer meir kunnskap om kor godt eigna kartleggingsverktøyet Bygg for alle er til å vurdere skolar. Det er sett i gang eit anna forskingsprosjekt som skal vurdere kva omsyn som ligg til grunn i skolen og hos skoleeigarar når ein skal møte utfordringane knytte til mangfaldet i elevmasse i grunnskolen. Målet med begge arbeida er å få meir kunnskap om kva spørsmål ein bør stille, og kva omsyn ein må ta under planlegginga for å sikre godt tilgjenge ved skolane. Det er også gitt støtte til ei undersøking i fire fylke (74 kommunar) som ser på kor godt tilgjenge det er for kommunepolitikarar. Rapporten frå prosjektet viser at det framleis er mykje ugjort og eit stort forbetringspotensiale når det gjeld å leggje til rette for at alle kan delta i lokalpolitikken uansett funksjonsnivå.

Det er gjennomført ei utgreiing av korleis rundskriv om tilgjenge til ekspressbussar har vorte følgt opp av næringa. Det er framleis svært dårleg tilgjenge til ekspressbussar.

Deltasenteret har undersøkt kva hindringar personar med nedsett funksjonsevne har ved bruk av ulike nettløysingar, og i kva grad tekniske hjelpemiddel fungerer saman med vanlege IKT-produkt. Ein ser at det er svært dårleg tilgjenge til mange vanlege populære nettsider, og at det kan vere vanskeleg å gjere bestillingar over nett.

Statens råd for likestilling av funksjonshemma

Statens råd for likestilling av funksjonshemma har i all hovudsak brukt midlane til informasjonsarbeid. Det omfattar redaksjonelt arbeid, grafisk utforming, trykking og nettpublisering av fire nummer av tidsskriftet Notabene. Midlar har òg gått til å dekkje utgifter til produksjon av informasjon for nettsida srff.no.

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar o.a.

Tilskot til organisasjonane til funksjonshemma

Det blir gitt støtte til drift av organisasjonane, likemannsarbeid og ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Det var 119 organisasjonar med rett til tilskot i 2008. Dette inkluderer Foreningen Norges døvblinde og Landsforbundet for kombinert Syns- og Hørselshemmede/Døvblinde, som vart fullfinansierte i 2008. Det vart fordelt vel 100 mill. kroner til desse 119 organisasjonane i 2008.

Tilskot til paraplysamarbeid

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) fekk i 2008 eit tilskot på 10,12 mill. kroner, og Samarbeidsforum av Funksjonshemmedes Organisasjoner (SAFO) fekk eit tilskot på 671 000 kroner. I tillegg fekk FFO eit tilskot på 667 000 kroner øyremerkte til lokale ferie- og velferdstiltak.

Tilskot til likemannsarbeid

I 2008 blei det fordelt 25 mill. kroner til likemannsarbeid. Av dette vart det sett av 6,3 mill. kroner til likemannsarbeid i samband med attføring og arbeid. 106 organisasjonar tok imot likemannsmidlar ordinært i 2008, og 36 tok imot midlar til likemannsarbeid i samband med attføring og arbeid.

Tilskot til ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne

I 2008 vart det fordelt 7,5 mill. kroner til ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Av dette vart 5 mill. kroner fordelte til sommarleir for barn med nedsett funksjonsevne og særskilt store behov for hjelp i regi av funksjonshemma sine organisasjonar. Resterande 2,5 mill. kroner blei fordelte til ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne i regi av frivillige organisasjonar. 14 organisasjonar tok imot tilskot til sommarleir for barn, og 39 organisasjonar tok imot tilskot til ferie- og velferdstiltak.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Inga diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne

Likestilling og deltaking for kvinner og menn med nedsett funksjonsevne

Talet på gjennomførte tiltak i handlingsplanen

Inga diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne

Likestilling og deltaking for kvinner og menn med nedsett funksjonsevne

Eit systematisk pådrivararbeid for integrering av eit likestillingsperspektiv for personar med nedsett funksjonsevne på alle politikkområde

Arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne i alle aldersgrupper må sjåast i samanheng med andre diskrimineringsgrunnlag som kjønn, seksuell legning og etnisk bakgrunn.

Ratifisering av FNs konvensjon om rettar for personar med nedsett funksjonsevne

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein stortingsproposisjon om ratifisering av FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne våren 2010.

Harmonisering og styrking av rettsvernet

Lov om diskriminering og tilgjenge vart sett i verk frå 1. januar 2009. Eit lovutval har i NOU 2009:14 Et helhetlig diskrimineringsvern greidd ut ei samla diskrimineringslov, der reglane frå lova om diskriminering og tilgjenge er innarbeidde. Forslaget er ei harmonisering og styrking av diskrimineringsvernet. Utgreiinga blei sendt til brei høyring juni 2009. Sjå elles omtale om lovarbeidet mv. under kap 846.

Handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009-2013)

Handlingsplanen skal støtte opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan- og bygningslov og anna ny lovgiving som handlar om universell utforming. Regjeringas visjon er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Visjonen skal nåast gjennom ulike sektortilpassa verkemiddel. Det blir nytta tidsfastsette mål.

Sentrale innsatsområde i planen er bygg, uteområde/planlegging, transport og IKT. Ein raud tråd i planen er auka sysselsetjing for personar med nedsett funksjonsevne. Gjennom handlingsplanen skal departementet arbeide for at sektorstyresmaktene skal implementere universell utforming som standard i regelverk og praksis. Departementet skal samstundes førebu andre aktørar til å vere i stand til å følgje opp diskriminerings- og tilgjengelova.

Det blir oppretta eit forum med deltaking frå interesseorganisasjonar, faglege organisasjonar og faginstitusjonar for informasjon og tilbakemelding om tiltak og framdrift i handlingsplanen. Handlingsplanen vil bli evaluert.

Regjeringa er i gang med å utvikle nasjonale indikatorar for tilgjenge. Hensikta med dette arbeidet er å få fram konkrete indikatorar som kan måle grad av tilgjenge og seie noko om effekten av innsats over tid.

Tiltak for barn med nedsett funksjonsevne

Med bakgrunn i ulike undersøkingar knytte til barn og unge med nedsett funksjonsevne og familiane deira vil ein auke innsatsen for barn og unge med dei største behova for bistand. Satsinga blir knytt til ferie- og fritidstilbod for gruppa.

Informasjons- og utviklingsprogram om politikken for utviklingshemma

BLD ønskjer auka bevisstheit om utviklingshemma sine levekår og livssituasjon. Eit nytt informasjons- og utviklingsprogram vil danne grunnlag for dette arbeidet og må sjåast i samanheng med evalueringa av Samordningsrådet for mennesker med utviklingshemming (SOR) og Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU).

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Løyvinga på post 21 blir nytta til målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak som bidreg til å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne.

Post 50 Forsking

Det er sett av 5,6 mill. kroner til IT Funk, som er ei tverrgåande satsing knytt til personar med nedsett funksjonsevne og ny teknologi under Noregs forskningsråd. IT-Funk-programmet skal gjennomførast i perioden 2007-2012. 1,3 mill. kroner er føreslått flytta til kap. 847 post 71 Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming til oppfølging av regjeringas handlingsplan for universell utforming.

Post 70 Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

Formålet med tilskotsordninga er å styrkje moglegheitene for organisasjonar til dei funksjonshemma til å drive interessepolitisk arbeid, gi service til eigne medlemmar i form av mellom anna lokale velferdstiltak, og styrkje dei høva paraplyane Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) har til å drive interessepolitisk arbeid og gi service til medlemsorganisasjonane. FFO og SAFO får relativt like stort paraplytilskot.

Tilskotet er basert på medlemstala i organisasjonane som er tilslutta FFO og SAFO. Tilskotsordninga skal òg medverke til å styrkje organisasjonane til funksjonshemma når det gjeld sjølvhjelpsarbeid. Det blir gitt tilskot til likemannsarbeid ordinært og i samband med attføring og arbeid. Tilskotet skal bidra til å styrkje dei moglegheitene organisasjonane til funksjonshemma har til å gjennomføre gode velferds-, fritids- og ferietiltak for personar med nedsett funksjonsevne.

Ferie og velferdstilbod i regi av funksjonshemma sine organisasjonar blir styrka med 4,8 mill. kroner. Styrkinga av tilbodet er finansiert innanfor posten. Ein stor del av løyvinga går til barn. Samla løyving til dette formålet blir i 2010 13,8 mill. kroner.

Post 71 Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan nyttast under post 21, kan overførast

Post 71 skal nyttast til målretta og tverrsektorielle tiltak i ny Regjeringens handlingsplan for universell utforming og økt tilgjengelighet (2009-2013). Tiltaka skal mellom anna støtte opp under ny lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne og anna lovgiving. Det er føreslått flytta 1,3 mill. kroner til posten frå post 50.

Kap. 849 Likestillings- og diskrimineringsombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

50

Basisløyving

30 843

48 574

51 128

Sum kap. 849

30 843

48 574

51 128

Status for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) vart etablert 1. januar 2006. Ombodet handhevar likestillingslova, diskrimineringslova, arbeidsmiljølova (kap. 13), diskrimineringsreglane i bustadlovgivinga og diskriminerings- og tilgjengelova. Ombodet har i oppgåve å utgjere eit alternativ til domstolshandsaming av saker om diskriminering. Ombodet har i tillegg ansvaret for å overvake at norsk rett og forvaltingspraksis er i samsvar med FNs kvinnekonvensjon, Rasediskrimineringskonvensjonen, og vil få tilsvarande ansvar for FN- konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne.

Ei fråsegn frå ombodet er ikkje rettsleg bindande. Ombodet kan likevel fatte bindande vedtak om å stanse diskriminerande handling om eit slikt vedtak ikkje kan vente til Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan behandle saka, kan jf diskrimineringsombodslova § 4, jf. § 7.

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Høg kvalitet i lovhandhevinga

Korrekt og effektiv sakshandsaming

I 2008 mottok Likestillings- og diskrimineringsombodet 162 klagesaker. Av desse sakene blei 116 ferdighandsama. I dette ligg at ombodet anten gav ei fråsegn, avviste saka eller la ho bort.

I 2009 har talet på klagesaker auka merkbart samanlikna med åra før. Det har samanheng med at diskriminerings- og tilgjengelova vart sett i kraft 1. januar 2009. Det har gitt LDO nye utfordringar når det gjeld målet om kort sakshandsamingstid.

I 2008 har ombodet nytta høvet til å varsle om hastevedtak i tre saker. Alle sakene gjaldt ulovlege stillingsannonsar og resulterte i endra praksis.

I 2008 tok ombodet opp seks klagesaker på eige initiativ. Sakene er delvis tekne opp etter Likestillingsombodets eigne undersøkingar etter medieomtale eller etter tips frå publikum eller organisasjonar.

Av klagesaker som kom inn og vart avslutta same år, har gjennomsnittleg sakshandsamingstid gått ned frå 19 veker i 2007, mot 11 veker i 2008.

Av innkomne rettleiingssaker var gjennomsnittleg handsamingstid om lag ei veke i 2008 mot om lag tre veker i 2007.

I ombodets handheving av likestillingslova inngår kontroll av den aktivitets- og utgreiingsplikta som er pålagt alle arbeidsgivarar. Årsrapportane for 2008 til 64 utvalde kommunar av ulik type blei kontrollerte spesielt med vekt på kjønnsdelt oversikt over likelønn, personale, arbeidstid (heil-/deltid), foreldrefråvær og seniorpolitiske tiltak. Berre 18 kommunar fekk godkjent utgreiingar utan merknader. Seks kommunar har ikkje fått godkjent utgreiingane sine. Ombodet konkluderte med at kommunane har brote likestillingslova. Likestillings- og diskrimineringsnemnda kom til same konklusjon. Brorparten av dei 64 kommunane har store likestillingsutfordringar. Dei som tok imot rettleiing frå LDO, gav jamnt over betre utgreiingar.

Eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane

God rettleiing

Talet på rettleiingssaker i 2008 låg på omtrent same nivå som i 2007. I 2008 mottok ombodet 1 194 rettleiingssaker, medan talet var 1 143 i 2007. I 90,7 prosent av sakene vart det gitt juridisk rettleiing. Her var kjønn og etnisitet dei to klart dominerande diskrimineringsgrunnlaga. I stadig fleire rettleiingssaker mottek ombodet tilbakemelding om at rettleiinga har ført til endringar, i til dømes arbeidsforholdet.

Arbeidsgivarar som treng rettleing om lovverket for å førebyggje diskriminering og fremme likestilling, er ei viktig målgruppe. Ein stor del av rettleiinga har vore gitt i samband med aktivitets- og utgreiingsplikta og den nemnde kontrollen av kommunar.

I 2008 heldt LDO ei rekkje føredrag for interesseorganisasjonar og andre aktørar på området nedsett funksjonsevne. Allereie frå framlegget av lovforslaget for Stortinget har det vore stor interesse for å få informasjon om den rettslege verknaden av lova, både når det gjeld rettar, plikter og kva rolla til ombodet skal vere.

I samband med innføring av ny diskriminerings- og tilgjengelov frå 1. januar 2009 gjennomførte ombodet ein informasjonskampanje om den nye lova retta mot to hovudmålgrupper: dei som får nye plikter med den nye lova, og dei som får nye rettar.

Offensiv og synleg pådrivar for likestilling og mot diskriminering

Godt påverknadsarbeid retta mot relevante styresmakter, kompetansemiljø og interesseorganisasjonar

Ein viktig del av arbeidet til LDO er å gi rettleiing om aktivitets- og utgreiingspliktene. LDO har i 2008 arbeidd særleg mot kommunesektoren både når det gjeld rettleiing, og når det gjeld kontroll av utgreiingar. Ombodet har, i samarbeid med kommunar, KS og regionale likestillingssenter, arrangert fem regionale rettleiingsseminar. Seminara har gjennomgått aktivitets- og utgreiingsplikta om kjønn. I tillegg har dei nye pliktene for etnisitet og nedsett funksjonsevne blitt gjennomgåtte.

I 2008 har LDO halde 154 innlegg, føredrag eller kurs. Mange føredrag har vore haldne til arbeidsgivarar som ein del av rettleiinga om aktivitets- og rapporteringspliktene. Ombodet informerer òg om rettar og plikter til andre grupper, mellom anna ulike interesseorganisasjonar og grupper som erfaringsmessig blir utsette for diskriminering.

Ombodet har i tillegg hatt vitjing av 19 utanlandske delegasjonar som ville høyre om likestillingsarbeidet i Noreg.

LDO har, i samarbeid med Noregs idrettshøgskole, avslutta prosjektet Likestilling og mangfald i norsk idrett – bedre med flere på banen, eit prosjekt med vekt på kjønn, etnisitet, funksjonsevne og seksuell orientering.

EU-prosjektet Fostering good practices in the workplace for å auke kompetansen hos arbeidsgivarar om aktivitets- og rapporteringsplikta og diskrimineringsjuss vart starta opp hausten 2008. Prosjektet inneheld mellom anna ein landsdekkjande informasjonskampanje og regionale seminar.

Ombodet deltek i ulike internasjonale fora som tek opp spørsmål om likestilling og diskriminering, både i Norden, EU og gjennom FN-forum. Deltaking i internasjonale forum er viktig for at arbeidet til ombodet skal kunne drive konvensjonsovervaking.

Ombodet har i 2008 arrangert åtte temamøte, dels i samarbeid med andre aktørar. Aktuelle tema har vore menneskehandel, likelønn, felles ekteskapslov og assistert befruktning, diskriminering i staten, likestilling og mangfald i idretten og korleis verne minoritetskvinner som er utsette for vald.

I januar 2008 presenterte LDO rapporten Kartlegging av diskriminering i statlig sektor - første trinn?. Rapporten byggjer på ei kartlegging i statleg sektor av kva statlege verksemder gjer for å hindre diskriminering på grunn av etnisitet, og av deira kjennskap til slik diskriminering i staten. Rapporten viste at staten manglar ei systematisk og langsiktig prioritering av arbeidet for å førebyggje og handtere etnisk diskriminering.

LDO har inngått samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV), Politidirektoratet/Politihøgskolen og Direktoratet for forvaltning IKT (DIFI) om opplæring og aktivitetar mot diskriminering. Det er òg gitt råd og rettleiing til andre statlege/halvstatlege verksemder.

Vidare har LDO inngått samarbeid med Norsk Tenestemannslag (NTL) og Oslo kommune om kursing av tillitsvalde og personar med verv i minoritetsorganisasjonar om korleis dei kan hjelpe personar som opplever diskriminering. Ombodet har også inngått samarbeid med landsdekkjande organisasjonar som arbeider mot rasisme og diskriminering, for å utvikle eit nettbasert registreringssystem der organisasjonar kan leggje inn førespurnader frå personar som opplever rasisme og/eller diskriminering. Prosjektet Kartlegging av diskriminering i offentleg sektor har ført til samarbeid mellom LDO og statlege verksemder og minoritetsorganisasjonar. Røynslene frå prosjektet inngår i det ordinære arbeidet til LDO frå 2009.

Fleire personar med rom- og romanibakgrunn har vendt seg til LDO fordi dei opplever at dei blir diskriminerte på campingplassar. LDO har initiert ein dialog mellom representantar frå NHO-reiseliv, politiet og organisasjonane til rom og romani for å utveksle erfaringar og finne gode løysingar.

Publikasjonane SaLDO og PRAKSIS blei begge gitte ut for andre gong i 2008. SaLDO er Likestillings- og diskrimineringsombodets samfunnsrekneskap over graden av likestilling og omfanget av diskriminering. PRAKSIS gir ei oversikt over sentrale klagesaker og rettleiingssaker ombodet har handsama det siste året, og dei mest sentrale lovgivingsmessige prosessane ombodet har teke initiativ til eller delteke i.

LDO har hatt 44 prosent fleire medieoppslag i 2008 samanlikna med året før. Per 18. desember 2008 hadde ombodet 6 678 medieoppslag på nettet. Etermedium og trykte medium der saka ikkje er publisert på nett, er ikkje medrekna. Ombodet har i tillegg vore mykje i både radio og TV. Det reelle talet på medieoppslag er derfor større. Den geografiske spreiinga er god.

Produksjonen av nyhendesaker på nett har vore prioritert i 2008. Talet på besøk i 2008 har lege på mellom 3 000 og 4 000 kvar dag. Halvparten av desse har kome rett inn på ldo.no, noko som tyder på at adressa er rimeleg godt kjent.

Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

Finansdepartementet har, i samråd med aktuelle departement og med verknad for statsrekneskapen for 2009, etablert nye prosedyrar for innrapportering av kontantbehaldninga til nettobudsjetterte verksemder per 31. desember. Det er i tilknyting til budsjettproposisjonen for 2010 utarbeidd tre standardtabellar med følgjande nøkkeltal for Likestillings- og diskrimineringsombodet:

  • Tabell 3.13. Utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter for verksemda basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter dei prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

  • Tabell 3.14. Inntekter etter inntektskjelde: De fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder og formålet med tabellen er å gi ein oversikt over dei ulike kjeldene.

  • Tabell 3.15. Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.

Tabell 3.13 Utgifter og inntekter etter art

Utgifter/Inntekter

Rekneskap

År 2007

År 2008

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

18 825 010

19 617 704

Varer og tenester

19 894 703

15 011 182

Sum driftsutgifter

38 719 713

34 628 886

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

0

0

Sum investeringsutgifter

0

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege verksemder

0

0

Andre utbetalingar

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og andelar

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

Sum utgifter

38 719 713

34 628 886

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

Refusjonar

1 180 299

727 660

Andre driftsinntekter

16 277

447 989

Sum driftsinntekter

1 196 526

1 175 649

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmidlar

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

29 092 000

31 943 000

Andre innbetalingar

4 982 294

2 278 857

Sum overføringsinntekter

34 074 294

34 221 857

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og andelar

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

Sum inntekter

35 270 820

35 397 506

3. Netto endring i kontantbeholdninga

-3 448 893

768 620

Tabell 3.14 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap

År 2007

År 2008

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

29 092 000

31 943 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

Sum løyvingar

29 092 000

31 943 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

Bidrag frå private

16 277

447 989

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

Sum bidrag

16 277

447 989

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

1 622 794

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

Oppdrag frå private

3 359 500

2 278 857

Andre inntekter

1 180 299

727 660

Sum oppdragsinntekter mv.

6 162 593

3 006 517

Sum inntekter

35 270 820

35 397 506

Tabell 3.15 Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Rekneskapspost

Rekneskap

Endring

31.12.2007

31.12.2008

2007 – 2008

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

4 937 716

5 706 336

768 620

Behaldning på andre bankkonti, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

0

0

Sum kontantbehaldning

4 937 716

5 706 336

768 620

Avsetningar til dekning av påløpte kostnader som forfell i neste budsjettår

Feriepengar mv.

1 572 632

1 810 689

238 057

Skattetrekk og offentlege avgifter

1 737 351

2 000 948

263 597

Gjeld til leverandørar

-362 340

-66 155

-296 185

Gjeld til oppdragsgivarar

2 109 217

1 916 250

-192 967

Anna netto gjeld/fordring som forfell i neste budsjettår

0

0

Sum til dekning av påløpte kostnader som forfell i neste budsjettår

5 056 860

5 661 732

504 872

Avsetningar til dekning av planlagte tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

0

0

Større, påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

Konkrete, påbegynte, ikkje ferdigstilte prosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

Andre avsetningar til vedtekne, ikkje igangsette formål

0

0

Konkrete, påbegynte, ikkje ferdigstilte prosjekt finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

Sum avsetningar til planlagte tiltak i framtidige budsjettår

0

0

Andre avsetningar

Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

0

0

Fri verksemdskapital

-119 144

44 604

163 748

Sum andre avsetningar

-119 144

44 604

163 748

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig skyldnad knytt til anleggsmidlar

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

Sum langsiktig gjeld (netto)

0

0

Sum netto gjeld og skyldnader

4 937 716

5 706 336

768 620

Merknader til nøkkeltala

LDO har i perioden 2007-08 i hovudsak blitt finansiert av løyvingar frå BLD. Bidrag frå private utgjør ein beskjeden del av inntektene trass i ein stor prosentvis auke frå 2007 til 2008. Oppdragsinntektene har blitt halvert frå 2007 til 2008.

Sum inntekter for dei to åra er vidareført på om lag same nominelle nivå.Den frie verksemdkapitalen har utvikla seg positivt i perioden, men er i 2008 framleis på eit lågt nivå.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Høg kvalitet i lovhandhevinga

Korrekt og effektiv sakshandsaming

Talet på handsama klagesaker

Talet på saker handsama etter hasteparagrafen

Sakshandsamingstid

Eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane

God rettleiing

Talet på registrerte rettleiingssaker

Rettleiingsmateriell

Offensiv og synleg pådrivar for likestilling og mot diskriminering

Godt påverknadsarbeid retta mot relevante styresmakter, kompetansemiljø og interesseorganisasjonar

Talet på saker tekne opp på eige initiativ

Talet på registrerte foredrag, høyringsfråsegn, rapportar og anna dokumentasjonsarbeid, arrangement, medieoppslag mv.

Høg kvalitet i lovhandhevinga

Korrekt og effektiv sakshandsaming

Ombodet arbeider kontinuerleg med at fråsegn i einskildsaker skal ha høg kvalitet. Det er eit mål at handsaminga av klagesaker skal vere rask og effektiv. For å oppnå dette vil ombodet halde fram med å utvikle praksis for effektiv handsaming og prioritering av dei ulike sakene.

Eit av formåla med oppretting av LDO var å kunne sjå fleire diskrimineringsgrunnlag i samanheng, såkalla multippel diskriminering. Slike spørsmål kjem jamleg opp, men det har vore få klagesaker så langt. LDO vil systematisere og analysere dette materialet over tid for betre å kunne forstå utfordringane og for å kunne forsterke pådrivarverksemda på feltet.

Eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane

God rettleiing

Ein viktig del av rettleiinga frå ombodet skjer overfor arbeidsgivarar som treng rettleiing om lovverket og om korleis diskriminering kan førebyggjast og hindrast, mellom anna gjennom iverksetjing av aktivitets- og rapporteringspliktene.

Kompetanse- og pådrivarverksemda retta mot arbeidslivet skal førast vidare og utviklast vidare i 2010. Erfaringane frå arbeidet med aktivitets- og utgreiingsplikta i likestillingslova viser at rapporteringa får fram relevante fakta om likestillingssituasjonen. Behovet for rettleiing er stort, også når det gjeld dei nye pliktene. Ei sentral oppgåve for ombodet i 2010 vil vere å gi informasjon og rettleiing om dei nye pliktene og om dei pliktene som ligg i likestillingslova.

Ombodet har utarbeidd rettleiing til kommunane og lagt ut erfaringsmateriell på nettet. Ombodet har òg utarbeidd ei handbok til arbeidsgjevarar og tillitsvalte i samband med ei rekkje kurs som gjennomførast hausten 2009 med midlar frå EU og BLD. Ombodet vil føre vidare det arbeidet som starta i 2009, og vil kontrollere verksemder i statleg kommunal og privat sektor.

LDO vil i 2010 utvikle vidare samarbeidet med partane i arbeidslivet.

I 2009 har LDO gjennomført ein målretta informasjons- og rettleiingskampanje mot arbeidsgivarar og tilsette i arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar for å auke kunnskapen om lover og reglar på feltet likestilling og diskriminering. LDO vil, i samarbeid med Helsedirektoratet, gjennomføre ei tilsvarande informasjons- og rettleiingskampanje i 2010, føresett løyving frå EU.

LDO vil i 2010 utvikle vidare eit informasjonsopplegg om arbeidet til ombodet og om lovverket, retta særskilt mot brukarorganisasjonar og organisasjonar i arbeidslivet. Målet er at organisasjonane kan formidle informasjon og rettleie sine eigne medlemmar om lovgiving på området og om kva for rettar folk har.

Dei fleste personar som kontaktar LDO, ønskjer i første rekkje rettleiing etter diskrimineringslovverket. Talet på rettleiingssaker har i dei siste to åra halde seg på vel 1 000 saker. Ombodet vil halde fram med å utvikle metodar for raske og effektive meldingar til publikum, gjennom mellom anna konkret rettleiing og korte standardsvar på nettsida ldo.no og ved å halde fram med å utvikle standardtekstar i rettleiinga.

Det inneber at ombodet legg til rette for at alle har lett tilgang til ombodets tenester. Det gjeld både dei fysiske tilhøva, inkludert elektronisk informasjon, og til dømes språkleg tilrettelegging både ved bruk av tolk og ved bruk av omsetjing.

Undersøkingar i Europa syner at fleire grupper som opplever diskriminering, ikkje rapporterar slike hendingar til diskrimineringsorganet i landet sitt. Om diskrimineringsvernet skal vere effektivt, er det avgjerande at dei som opplever diskriminering, veit kvar dei skal vende seg. Ombodet legg vekt på god kontakt med interesseorganisasjonar med tanke på å få inn diskrimineringssaker til handsaming og for å sikre at alle får kunnskap om rettane sine. LDO har òg som mål å kome i kontakt med brukarar som ikkje er organiserte og i mindre grad synlege i den offentlege debatten. Det er eit mål å finne fram til gode møteplassar, spesielt for dei gruppene som i minst monn tek kontakt i dag. I 2010 vil LDO derfor halde fram med å tilpasse informasjon retta mot dei ulike brukargruppene for betre å nå fram med bodskapen.

Oppgradering av nettsidene er ei prioritert oppgåve for å nå fram til brukarane.

Offensiv og synleg pådrivar for likestilling og mot diskriminering

Godt påverknadsarbeid retta mot relevante styresmakter, kompetansemiljø og interesseorganisasjonar

LDO skal vere eit senter for kompetanse om likestilling og diskriminering på alle dei grunnlaga som er omfatta av lovverket. God dokumentasjon og analyse av utviklinga er viktig i pådrivararbeidet. Ei sentral oppgåve for LDO er å peike på barrierar for likestilling overfor ulike styresmakter og fremme forslag til tiltak for å fjerne slike hinder for deltaking og likeverd.

Det er framleis stort behov for kunnskap om likestilling og diskriminering. LDO vil hausten 2010 gi ut den fjerde årlege utgåva av publikasjonen SaLDO, som søkjer å dokumentere situasjonen når det gjeld likestilling og diskriminering i Noreg.

På same vis vil ombodet halde fram med arbeidet med den årlege rapporten PRAKSIS, som tek for seg lovhandhevingsarbeidet med eit utval av sentrale klage- og rettleiingssaker og høyringsfråsegner.

LDO vil samarbeide med sentrale institusjonar, nasjonalt og internasjonalt, om utvikling av kunnskap og dokumentasjon om diskriminering.

Ombodet vil ha særskilt kontakt med dei aktørane som arbeider mot vald i nære relasjonar, mot hatkriminalitet og mot seksuell trakassering og vald.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 50 Basisløyving

Løyvinga skal dekkje lønn til medarbeidarane og andre driftsutgifter. LDO hadde 47 tilsette per 1. mars 2009. Av desse var 72 prosent kvinner.

Løyvinga er føreslått auka med 1 mill. kroner frå saldert budsjett 2009 til dekning av auka driftsutgifter.

Programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

850

Barneombodet

10 346

10 309

12 423

20,5

852

Adopsjonsstønad

12 531

20 045

16 677

-16,8

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

118 276

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

536 621

650 123

668 393

2,8

855

Statleg forvalting av barnevernet

4 613 233

4 650 765

4 931 508

6,0

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

184 615

384 150

580 500

51,1

857

Barne- og ungdomstiltak

187 102

211 318

198 600

-6,0

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

192 314

201 041

224 935

11,9

859

EUs ungdomsprogram

6 533

6 893

6 962

1,0

Sum kategori 11.20

5 743 295

6 134 644

6 758 274

10,2

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

01-23

Drift

4 995 577

5 177 079

5 678 793

9,7

30-49

Nybygg og anlegg

32 203

63 288

64 997

2,7

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

19 140

19 982

20 621

3,2

60-69

Overføringar til kommuner

446 067

576 451

728 462

26,4

70-98

Overføringar til private

250 308

297 844

265 401

-10,9

Sum kategori 11.20

5 743 295

6 134 644

6 758 274

10,2

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

3850

Barneombodet

550

3854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

16 413

35 623

51 917

45,7

3855

Statleg forvalting av barnevernet

974 634

997 622

999 046

0,1

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

135 200

254 000

424 928

67,3

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

5 156

433

433

0,0

3859

EUs ungdomsprogram

3 817

2 300

2 300

0,0

Sum kategori 11.20

1 135 770

1 289 978

1 478 624

14,6

Hovudinnhald og prioriteringar

Programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge inneheld løyvingar til det statlege barnevernet, barne- og ungdomstiltak, tiltak i barne- og ungdomsvernet og adopsjonsstøtte, Barne-, ungdoms- og familieetaten og Barneombodet. Budsjettforslaget inneber ein auke i løyvinga på programkategorien på 10,2 prosent. Løyvinga på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 01 er no flytta til kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, post 01.

Hovudprioriteringane i tiltak for barn og unge er:

  • auka løyving til drift av omsorgssentra for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år

  • auka løyving til det statlege barnevernet

  • styrkje arbeidet mot rus i barnevernet.

Kap. 850 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

10 346

10 309

12 423

Sum kap. 850

10 346

10 309

12 423

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Ta hand om barn og unges interesser i samfunnet

Sikre bruk og synleggjering av barnekonvensjonen

Gjere barnekonvensjonen betre kjent i samfunnet

Barneombodet informerer om innhaldet i barnekonvensjonen på Barneombodets nettsider. Eitt av satsingsområda har vore å vise korleis ein i større grad kan gjere nytte av barnekonvensjonen i praksis.

Barneombodet har ved fleire høve førelese ved ulike høgskolar. Målet for førelesingane var i stor grad å knyte barnekonvensjonens bodskap til fagfelta til studentane, og å informere om Barneombodets arbeid.

Barneombodet har ført vidare prosjektet Tryggve på tur, der barnehagar og småskolar har fått besøk av Barneombodets maskot.

Rapporteringa til Barnerettskomiteen vart utsett frå komiteens side fram til våren 2009, og dette arbeidet blei avslutta hausten 2009.

Tryggleik for barn og unge

Ombodet har arbeidd med prosjektet Barnevern for de minste, som blei avslutta hausten 2008. Ein viktig del av dette prosjektet har vore arbeidet med dødsstadundersøking ved brå og uventa spedbarnsdød. Barneombodet har over lang tid teke til orde for å få rutinemessig dødsstadundersøking, der barn under tre år får ein brå og uventa død. Regjeringa rådde i 2008 til å innføre eit tilbod om dødsstadundersøkingar til alle foreldre som opplever at eit barn under tre år døyr brått og uventa

Vald, overgrep og omsorgssvikt

Barneombodet har våren 2008 følgt med på regjeringas handlingsplan Vold i nære relasjoner (2008- 2011) Vendepunkt. Barneombodet har derfor hatt møte med ei ekspertgruppe av barn og unge som har erfaringar med vald i nære relasjonar. Oppgåva til ekspertgruppa var å gi barn utsette for vald ei stemme. Gjennom dei to åra gruppa har eksistert, har barna gitt Barneombodet mykje verdifull kunnskap om korleis det er å vere barn og ung med vald i familien, og gitt konkrete råd og forslag til tiltak som er retta mot politistyresmaktene og Justis- og politidepartementet.

Som eit ledd i prosessen med å avdekkje omsorgssvikt og overgrep mot barn har Barneombodet i 2008 og 2009 arbeidd med rolla og ansvaret til tannhelsetenesta.

Barneombodet har òg arbeidd med problemstillingar knytte til menneskehandel og tvangsekteskap. Barneombodet har i 2008 og 2009 vore i dialog med forskarar, fagfolk og einskilde personar som med sine ulike innfallsvinklar har vore viktige bidragsytarar for Barneombodets vidare arbeid.

Barneombodet har hatt møte med ulike aktørar som forskarar og helsepersonell som arbeider med kjønnslemlesting. Den norsk-somaliske ekspertgruppa, som Barneombodet har etablert, har òg kome med viktige innspel til Barneombodet rundt temaet kjønnslemlesting.

Barn i samlivsbrot

Barneombodet har stor pågang frå publikum som er opptekne av barns ulike rettar der foreldra ikkje lenger bur saman. Barneombodet mottek ei rekkje telefonar frå foreldre, familie og barn om dette temaet. Det er spesielt mange barn som vender seg til kontoret via Klar melding. Barneombodet har derfor arbeidd for å gi mest mogleg utfyllande innspel til Barnelovutvalet.

Barn i utlendingssaker

Barneombodet har vitja Eidsvoll omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år og Hvalstad transittmottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar over 15 år. Her har diskusjonen først og fremst handla om butilhøva på mottaket, økonomiske tilhøve og samarbeid med kommunen. Ombodet er bekymra for oppfølginga av dei over 15 år og har retta fleire skriftlege førespurnader til styresmaktene i løpet av året.

Regjeringa har kome med ei rekkje tiltak for å stramme inn asylpolitikken. Barneombodet har i høyringsfråsegn vore kritisk til to av tiltaka som særleg rammar barn.

Barns oppvekst i det moderne samfunnet

Barneombodet er deltakar i ei referansegruppe i regi av Medietilsynet. Gruppa har sett søkjelyset på barns rettar i samband med deltaking og vern ved bruk av nettet og mobiltelefon.

Barneombodet har òg delteke i eit samarbeidsprosjekt med Datatilsynet for å utarbeide eit rettleiingshefte i bruk av bilde på nettet. Målgruppa er hovudsakleg tilsette i barnehage, skole og idrettslag. Heftet vart stilt ferdig hausten 2008.

Barneombodet har vidare delteke i ei referansegruppe vedrørande utforming av ein rettleiing som omhandlar bruk av reklame i skolen.

Minoritet og urbefolkning

Barneombodet har våren 2008 avslutta eit prosjekt om samiske barn og deira rettar. Prosjektet var eit samarbeid mellom barneombodskontora i Sverige, Finland og Noreg. Rapporten heiter Rätten till delaktighet och inflytande for samiska barn och ungdomar. Barneombodet har organisert ulike høyringar med samisk ungdom og elles arbeidd for å betre oppvekstvilkåra for samiske barn og unge.

Barneombodet har òg arbeidd aktivt med problemstillinga rom-barn og skole. Før jul 2008 leverte Barneombodet sine innspel til Arbeids- og inkluderingsdepartementet i samband med at departementet utarbeider ein handlingsplan for rom.

God helse blant barn og unge

Levekår for barn med funksjonshemming

Barneombodet har i 2009 vore i møte med Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO). Temaet her har mellom anna vore retten til spesialundervisning i skolen. Barneombodet har vore med i diskusjonar og delteke i konferansar der utfordringane rundt bruk av coclea-implantat (CI) har vore eit sentralt tema. Overfor Helse- og omsorgsdepartementet uttrykte Barneombodet bekymring for oppvekstvilkåra til barn med CI og oppmoda departementet om å invitere brukarar, fagfolk og ansvarlege etatar til eit møte om temaet. Helse- og omsorgsdepartementet arrangerte eit slikt møte hausten 2008.

Barneombodet har våren 2008 medverka på ulike seminar med føredrag om psykisk helse for barn og unge. Opptrappingsplanen for psykisk helse har her vore eit sentralt tema.

Eit anna viktig tema for Barneombodet i føredragssamanheng har vore barn og unge som pårørande av psykisk sjuke.

Sunt arbeidsmiljø i skole og barnehage

Barneombodet har i 2008 arbeidd vidare med skolemiljøalliansen (Norsk forum for bedre innemiljø for barn, Foreldreutvalet i grunnopplæringa, Elevorganisasjonen og Barneombodet). Målet er å sikre barn og unge eit godt fysisk miljø i skolen.

Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har sendt ut eit brev til alle kommunar og fylkeskommunar som skoleeigarar der det blei understreka at det er skoleeigars ansvar at skolane har godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar.

Ein stor del av førespurnadene Barneombodet får, gjeld utfordringar knytte til skolegang for barn og unge. Både vaksne og barn søkjer råd om korleis dei til dømes skal handtere mobbing i skolen. Barneombodet har i 2008 stilt ferdig ei rettleiing som gir publikum informasjon om korleis ein skal gå fram for å klage på skolemiljøet til elevane.

Deltaking og innverknad frå barn og unge

Dialog med barn og unge og deira medverking på ulike arenaer

Barneombodet var i 2008 i kontakt med fleire kommunar som viste interesse for forsøksprosjekt med stemmerett for 16-åringar. Forslaget har vekt stor interesse både frå medium, organisasjonar og frå utlandet.

Da Barneombodets ungdomsråd (frå 2009: ungdomspanel) berre har medlemmer frå Oslo og Akershus, ønskjer Barneombodet å knyte til seg ungdom som høyringsorgan med eit større geografisk nedslagsfelt. Eit samarbeid med Ungdommens fylkesting i Sør-Trøndelag og i Nordland vil framleis bli utvikla i 2009. Barneombodet gav også innspel til ekspertutvalet nedsett av BLD for å gjennomgå barn og unges deltaking i lokalsamfunnet og i fritidsmiljøet. Barneombodets ungdomsråd var representert ved Barnas spørjetime i Stortinget 2008.

Barneombodet mottek ei stor mengd førespurnader om barns medråderett der foreldra ikkje lenger bur saman. Barneombodets haldning er at barn skal ha rett til å bli høyrt i denne typen saker, og at det skal bli lagt vekt på deira stemme ikkje berre i den einskilde familien, men òg innanfor domstolane. Barneombodet har halde ulike føredrag om dette temaet.

Barneombodet mottek fleire førespurnader som tek opp utfordringar omkring utbygging av friareal som barn nyttar til leik og fritidsaktivitetar. Plan- og bygningslova vart endra i 2008, og kommunane står no friare til å organisere høyring av barn i plansaker, slik dei sjølve ønskjer.

Medverke til internasjonalt barnerettsarbeid

Barnombodet deltok våren 2008 med Europeisk Nettverk for Barneombod (ENOC) i møte med Europarådet, der Barneombodets samarbeid med Europarådet vart drøfta.

Barneombodet har vore med på å utvide det nordiske barneombodssamarbeidet ved utarbeidinga av ein felles rapport om samiske barn og unges oppvekstvilkår. Samarbeidsfora er viktige for å få fram nordiske perspektiv i til dømes høyringsarbeid hos dei ulike omboda.

Barneombodet har våren 2009 vore representert ved to ulike menneskerettsdialogar i regi av Utanriksdepartementet. Dette omfattar menneskerettsdialogane med både kinesiske og indonesiske styresmakter.

Ei rekkje frivillige organisasjonar og offentlege etatar frå andre land har gjesta Barneombodet for å få meir informasjon om barneombodsordninga.

Barneombodet deltok hausten 2008 på ENOC- møte i Dublin. Temaet for møtet var implementering av barnekonvensjonen på internasjonalt, europeisk og nasjonalt nivå. Medverknad for barn og unge var òg eit sentralt tema. Til stades var representantar frå til saman 33 barneombodskontor i Europa.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Ivaretaking av interessene til barn og unge

Tryggleik for barn og unge

Tilgang på tenester i samfunnet

Deltaking og innverknad frå barn og unge

Ivaretaking av interessene til barn og unge i samfunnet

Tryggleik for barn og unge

Det går fram av lov om barneombod at Barneombodets overordna oppgåver er å fremme barns interesser i samfunnet, og følgje med i om lovverket, forvalting og rettspraksis samsvarer med dei pliktene Noreg har etter FNs konvensjon om barns rettar. FNs barnekonvensjon er norsk lov og er teken inn i menneskerettslova.

Barneombodet skal overvake bruken av barnekonvensjonen som eit levande rettsdokument på alle område som gjeld barn og unge. I 2010 vil Barneombodet ha ei sentral oppgåve med å overvake oppfølginga av rapportering til FNs Barnerettskomité og å følgje opp konvensjonens bruksmåte som rettskjelde.

Barneombodet vil i 2010 halde fram med sitt nære samarbeid med dei europeiske barneomboda i ENOC og føre vidare anna internasjonalt barnerettsarbeid, til dømes menneskerettsdialogane med Kina.

Barneombodet skal avdekkje svikt i rutinar som går ut over tryggleiken til barn og unge, og føreslå endringar der dette er nødvendig. Dette handlar mellom anna om område som barnevern og skole.

Barneombodet ønskjer å styrkje legitimiteten til barnevernet for dermed å styrkje barns rettsvern. Barneombodet vil føre vidare arbeidet sitt med å gjere alle miljø som kan bidra til å stanse alle former for vald mot barn, ansvarleg. Barnevern for dei aller minste vil framleis vere eit sentralt område.

Ny teknologi, med dei farar og utfordringar som denne fører med seg, er viktige område for Barneombodet. På dette feltet vil samarbeidet med mellom anna Medietilsynet, politiet og Datatilsynet halde fram.

Tilgang på tenester i samfunnet

Barneombodet skal bidra til at alle barn i Noreg skal ha tilgang til eit godt helsesystem og skolesystem og motverke geografiske skilnader. Mellom anna vil rettstryggleiken til skolebarn stå sentralt. I 2010 vil Barneombodet framleis fokusere på ernæring for barn og unge, psykisk helse og fysisk aktivitet.

Deltaking og innverknad frå barn og unge

Barneombodet vil bidra til at barn og unge på deira eige vis skal få ta del i avgjerdsprosessar som vedkjem dei. Målet er at barn og unge på ein naturleg måte blir involverte i private, lokale og nasjonale avgjerdsprosessar. Arbeidet knytt til å gi stemmerett til 16-åringar vil halde fram i 2010. Ei rekkje kommunar har meldt si interesse for dette prosjektet, som no er vedteke av Stortinget.

Innhaldet i, og organiseringa av, skolen vil stå sentralt for ombodets arbeid også i 2010. Skolekvardagen til barn og unge er svært sentral i eit medverknadsperspektiv. Gjennomføringa av opplæringslovas kap. 9a Barn og unges arbeidsmiljølov vil bli følgt opp av Barneombodet også i 2010.

Eit felles nordisk samarbeid om rettar til samiske barn og unge er etablert og har gitt verdifull innsikt på dette området. Det etablerte samarbeid med Sametingsrådet knytt til skolesituasjonen for samiske barn vil bli ført vidare og styrkt.

For barn og unge med minoritetsbakgrunn er det fleire område som krev ytterlegare merksemd i 2010.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn til tilsette ved Barneombodet og andre driftsutgifter. Barneombodet hadde 13 tilsette (12 årsverk) per 1. mars 2009. Av dei tilsette var 11 kvinner.

Løyvinga er føreslått auka med 2 mill. kroner frå saldert budsjett 2009 for å betre kapasiteten i Barneombodet.

Kap. 852 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

12 531

20 045

16 677

Sum kap. 852

12 531

20 045

16 677

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Redusere utgiftene ved adopsjon av barn frå utlandet

Eingongsstønad til adoptivforeldre som har adoptert barn frå utlandet

Stønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet, var i 2008 på 38 320 kroner per barn. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som forvaltar tilskotsordninga, tok imot 327 søknader om adopsjonsstønad, mot 401 søknader i 2007. 304 adopsjonar er formidla i 2008.

Om tildelinga av eingongsstønad

Eingongsstønad ved adopsjon av barn frå utlandet vart innført frå og med 1992 for å motverke ei ujamn sosial fordeling av adopsjonar knytt til foreldras økonomi på grunn av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet.

Stønaden blir ytt adoptivforeldre som på førehand er gitt samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må anten vere gjennomført i Noreg, eller han må vere gjennomført i utlandet og registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir. Direktoratet skal først ha motteke rette dokument frå opphavslandet til barnet før dei kan handsame søknaden. Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldre faktisk var busette i Noreg da dei fekk barnet i omsorga si, og da adopsjonen vart gjennomført eller registrert her i landet. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av forhold i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Det kan likevel bli gitt eingongsstønad dersom barnet har kome til Noreg med sikte på adopsjon, og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet da dei fekk barnet i si omsorg.

Sjå òg omtale av adopsjon under kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet og kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Tilskotet til foreldre som adopterer barn frå utlandet, blir auka tilsvarande prisjustering. Tilskotet var i 2009 på 40 000 kroner per barn og vil i 2010 bli auka til 41 280 kroner per barn.

Løyvinga er føreslått redusert med om lag 3,9 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2009 då det er venta færre adopsjonar enn lagt til grunn for 2009.

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

118 276

Sum kap. 853

118 276

Departementet føreslår å opprette eit nytt kapittel for fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker i samband med at fylkesnemndene i 2010 vil bli skilde ut frå departementet og blir ein eigen etat med økonomi- og resultatansvar. Utgifter til fylkesnemndene var tidlegare budsjetterte under kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 01 Driftsutgifter – Fylkesnemndene for sosiale saker.

Det vil bli etablert ein permanent sentral administrasjon som skal overta administrative oppgåver som i dag ligg i departementet. Administrasjonen skal leiast av ein direktør, som saman med regionleiarane vil danne eit leiarteam. Direktøren vil ha eit eige sekretariat med IKT-, personal- og økonomikompetanse. Det er forventa at ein sentral administrasjon vil gi auka effektivitet i sakshandsaminga. Auka effektivitet kan mellom anna kome som resultat av betre utveksling av fylkesnemndsleiarressursar mellom regionane, kompetanseheving og ved å utvikle sakshandsaminga vidare. Ved å opprette ein eigen etat vil ein synleggjere fylkesnemndas arbeid og styrkje identiteten til etaten.

Resultatrapport 2008/2009

For resultatrapport sjå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Resultatindikator

Effektiv sakshandsaming i fylkesnemndene for barnevern og sosiale sakerGjennomsnittleg tid til handsaming av ordinære saker

Effektiv sakshandsaming i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Den gjennomsnittlege sakshandsamingstida er den viktigaste resultatindikatoren for fylkesnemndene. Det har vore ein auke i saksinngangen kvart år sidan fylkesnemnda vart oppretta. Talet på innkomne saker auka frå 2007 til 2008 med 12 prosent. Auken er lågare første halvår i 2009, og departementet ventar ein stabilisering i saksinngangen i 2009 og 2010. Den gjennomsnittlege sakshandsamingstida vart redusert frå 78 dagar i 2007 til 66 dagar i 2008, og det er forventa ytterlegare reduksjon i 2009. Målet er at utviklinga held fram, og at gjennomsnittleg sakshandsamingstid blir ytterlegare redusert i 2010.

Departementet ser eit stort behov for å utvikle vidare statistikk og styringsdata som kan hentast frå sakshandsamingssystemet til fylkesnemndene. Departementet har derfor sett ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide fram forslag til endringar på dette området. Etter kvart som den nye administrasjonen kjem på plass, vil han bli trekt med i dette arbeidet.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønnsutgifter, andre driftsutgifter og saksutgifter i dei 12 fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Posten skal òg dekkje utgifter til oppretting og drift av ei ny sentralleiing for fylkesnemndene.

Driftsutgiftene til fylkesnemndene blei tidlegare løyvd over kapittel 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 01. Departementet føreslår å flytte 112,3 mill. kroner frå dette kapittelet til nytt kapittel 853, post 01. Det er òg flytta 0,85 mill. kroner frå kap. 800 Barne-og likestillingsdepartementet og 0,943 mill. kroner frå kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet. Det er utover dette lagt inn ei reell styrking av fylkesnemndene med 3,7 mill. kroner. Totalt er det føreslått ei løyving på posten på 118,3 mill. kroner.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter - Fylkesnemndene for sosiale saker

108 937

111 577

21

Spesielle driftsutgifter

37 622

38 093

36 846

50

Forsking, kan nyttast under post 71

12 734

13 294

13 719

64

Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

92 036

142 863

185 752

65

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

225 968

268 910

372 762

70

Tilskot til Rostad ungdomsheim og Rostad ettervernsheim

2 293

2 530

71

Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 50

57 031

72 856

48 048

72

Atferdssenteret

11 266

Sum kap. 854

536 621

650 123

668 393

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Status

  • Nær 44 200 barn og unge tok imot tiltak frå barnevernet i løpet av 2008. Det er 3,6 prosent fleire enn året før.

  • Per 31.12.2008 hadde over 33 900 barn og unge eit tiltak i barnevernet.

  • Nær 11 800 var nye barn og unge i barnevernet. Talet på nye barn i 2008, var omtrent det same som i 2007.

  • Det er framleis noko fleire gutar enn jenter i barnevernet. Blant dei barna som var nye i barnevernet i 2008, var 54 prosent gutar.

Tabellen under viser talet på barn og unge som tok imot tiltak frå barnevernet i løpet av 2008 fordelt på alder.

Tabell 3.16 Talet på barn med tiltak frå barnevernet i 2008

Totalt

44 167

0-2 år

2 907

3-5 år

5 349

6-12 år

16 488

13-17 år

14 841

18-22 år

4 509

Uoppgitt

73

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

  • Fleire ettervernsklientar (dei som er over 18 år) tok imot hjelp frå barnevernet, men sett i høve til folketalet har ikkje delen endra seg frå 2007.

  • Vel åtte av ti barn med barnevernstiltak tek berre imot hjelpetiltak, som til dømes kan vere økonomisk hjelp, besøksheim, barnehage eller støttekontakt. I alt nær 36 300 barn tok imot hjelpetiltak i 2008, ein auke på 3,9 prosent frå året før.

  • I alt var 10 850 barn og unge per 31. desember 2008 plasserte utanfor familien, anten som hjelpetiltak eller omsorgstiltak. Av desse var tre av fire plasserte i fosterheimar. 1 400 barn hadde plass i barnevernsinstitusjon, og nær 100 var i andre behandlingsinstitusjonar. Vel 400 barn var i beredskapsheimar, og 1 050 hadde hybel eller bustad med oppfølging.

Høg rettstryggleik og god kvalitet i sakshandsaming og tenester i barnevernet

Godt og formålstenleg lov- og regelverk

Stortinget vedtok i 2009 endringar i barnevernlova som vil medverke til å styrkje barnets rettar i barnevernet, jf. Ot.prp. nr. 69 (2008-2009). Dei mest sentrale endringane er

  • å gi betre tilbakemelding til dei som melder frå til barnevernet

  • å innføre plikt for barnevernet til å utarbeide ein individuell plan for det einskilde barnet

  • å påleggje barnevernet ei plikt til å evaluere tiltaksplanar og dei hjelpetiltaka som inngår i denne, slik at ein veit om eit tiltak fungerer eller ikkje

  • å gi ei presisering av dei gjeldande kriteria for tilbakeføring av barn til foreldre når omsorga er teken over av barnevernstenesta

  • å styrkje ettervernet ved å gi barnevernet ei plikt til å grunngi kvifor dei ikkje har sett i verk ettervernstiltak når ungdommen fyller 18 år

Spørsmål om bruk av tvang i behandlinga av det einskilde barnet under omsorga til barnevernet blir vurderte i departementet. I St.prp. nr. 1 (2007-2008) blei det varsla at departementet ville sende ut eit rundskriv om praktiseringa av regelverket. Departementet har i ettertid vurdert det slik at ein først bør gjennomgå og endre Forskriften om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barnevernsinstitusjoner.

BLD er, i samarbeid med KS, i ferd med å etablere eit tvisteløysingsorgan for gråsonesaker der det er tvist mellom kommune og stat om betalingsansvaret. Sakene er avgrensa til å omhandle grensa mellom statens betalingsansvar etter barnevernlova og kommunens betalingsansvar etter andre lover.

BLD deltok i embetsmannsgruppa som følgjer opp målsetjinga om eitt års sakshandsamingstid i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) for handsaming av søknader om rettferdsvederlag frå tidlegare barneheims- og fosterheimsbarn frå utgangen av 2007 (jf. St.meld. nr. 24 (2004-2005)). Det har vore eit tett samarbeid mellom Bufdir, Justissekretariata (no: Statens sivilrettsforvalting) og Rettferdsvederlagsutvala. Målet om eitt års sakshandsamingstid vart nådd ved årsskiftet 2007/2008. Ved utgangen av 2008 var sakshandsaminga for desse sakene på eitt år og to månader. Dette kan i hovudsak knytast til at stillingar har vore ubesett i ein periode. Det var ikkje lenger vakansar ved inngangen til 2009. Sjå òg Resultatrapport 2008/2009 i kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

God, forsvarleg og effektiv sakshandsaming i fylkesnemndene for sosiale saker

Fylkesnemndene er forvaltingsorgan med vedtaksmyndigheit i tvangssaker etter barnevernlova og i tvangssaker etter sosialtenestelova. Fylkesnemnda i Oslo og Akershus er òg vedtaksmyndigheit i saker etter smittevernlova.

Fylkesnemndene er organisert i fire regionar med til saman 12 kontor. Det var i desember 2008 to menn og to kvinner som var regionleiarar og 23 menn og 37 kvinner som var fylkesnemndsleiarar.

Nokre av endringane i lov 1. desember 2006 nr. 65 om endringar i barnevernlova og sosialtenestelova mv. tok til å gjelde frå 1. januar 2007. Frå 1. januar 2008 blei dei resterande endringane innførte samstundes med den nye tvistelova. Tvistelova set mellom anna strengare krav til aktiv saksstyring frå fylkesnemndsleiar. Det er òg krav frå 1. januar 2008 om at handsaming av klagesaker på akuttvedtak må skje innan ei veke. Alle fylkesnemndene har oppdatert rutinane for klagesaker og har hatt kurs i den nye tvistelova.

Endringane i samansetjinga av fylkesnemnda i den einskilde saka frå fem til tre medlemmer har gitt store effektivitetsgevinstar i fylkesnemndene i 2008. I 2008 vart 92 prosent av sakene avgjorde av nemnd med tre medlemmer.

Ifølgje barnevernlova § 7-1 skal forhandlingsmøte haldast snarast, og om mogleg innan fire veker etter at saka er meld til fylkesnemnda. Veksten i innkomne saker til fylkesnemnda har helde fram, og var på 12 prosent i 2008. Fylkesnemndene fekk fem nye faste stillingar som fylkesnemndsleiar i 2008 på grunn av auka aktivitet. Samstundes har fylkesnemndene korta ned på den gjennomsnittlege sakshandsamingstida frå mottak til første dag av forhandlingsmøte frå 77 dagar i 2007 til 66 dagar i 2008. Tal frå andre tertial 2009 viser at sakshandsamingstida er redusert til 55 dagar.

Alle meldingar og undersøkingssaker skal gjennomførast i samsvar med tidsfristane i lova

Ifølgje barnevernlova skal kommunane gjennomgå alle meldingar innan ei veke frå meldinga er motteke. Figuren under viser talet på meldingar i åra frå 2004 til 2008 fordelt på meldingar gjennomgått innan ei veke, og meldingar der fristen på ei veke ikkje er halden.

Figur 3.1 Meldingar 2004-2008

Figur 3.1 Meldingar 2004-2008

Kjelde: Kommunanes halvårsrapportering til BLD

I 2008 vart 97,5 prosent av meldingane gjennomgåtte i løpet av ei veke. Det er 0,5 prosentpoeng fleire enn i 2007.

Barnevernet sette i gang undersøking for i underkant av 83 prosent av meldingane. Det skal ikkje gå meir enn tre månader, i særlege tilfelle seks månader, frå ei undersøking er sett i verk, til ho er ferdig. Figuren under viser talet på undersøkingar, fordelte på talet behandla innan fristen og fristoversittingar.

Figur 3.2 Undersøkingar 2004-2008

Figur 3.2 Undersøkingar 2004-2008

Kjelde: Kommunanes halvårsrapportering til BLD

Det var fristoversittingar i om lag 16 prosent av undersøkingssakene i 2008. Dette er ein auke på tre prosentpoeng frå 2007. Det var store skilnader mellom kommunane, og variasjonar frå fylke til fylke.

50 prosent av dei avslutta undersøkingane vart lagt bort etter undersøking. Dette er ei auke på eit prosentpoeng frå 2007, og to prosentpoeng frå 2006.

Departementet samarbeidde tett med fylkesmennene for å få ned talet på overskridingar. I dei tilfella der kommunane braut tidsfristen, gav fylkesmennene råd og rettleiing.

Fafo-rapport nr. 545 Bare fantasien setter grenser? og Fafo-rapport 2007:11 Barnevernet i Oslo og Bergen, har dokumentert forskjellar mellom kommunar og bydelar når det gjeld terskelen for å leggje vekk meldingar. I 2009 blei det arbeidd med tiltak for å følgje opp desse rapportane.

Ei arbeidsgruppe med representantar frå BLD, Kunnskapsdepartementet, Fellesorganisasjonen for barnevernspedagoger og vernepleiere og Utdanningsforbundet vurderte tiltak for å betre samarbeidet mellom barnehage, skole og barnevern om å melde bekymring til barnevernet. Målet er at barnevernet skal kome tidlegare inn i ei sak. Sjå òg omtale under resultatmålet Samarbeid til det beste for barnet på tvers av sektorar og nivå i resultatrapport 2008/2009 og delmålet Eit heilskapeleg tilbod til utsette barn, unge og familier i Mål og strategiar.

Effektivt og målretta tilsyn

Fylkesmannen har òg i 2008 ført tilsyn med barnevernsinstitusjonane og barnevernstenesta i kommunane. I det individretta tilsynet i institusjonane er måloppnåinga med få unntak over 95 prosent. Fylkesmennene har i ulik grad følgt opp krav om systemrevisjon i institusjonane.

Fleire embete undersøkte i 2007/2008 saker som hadde vorte lagde til side i kommunar. Rapport frå desse embeta kan tyde på at ei rekkje saker som skulle vorte følgde opp av barnevernet med meir undersøking, vart lagde vekk. Departementet følgjer opp dette i sin kontakt med fylkesmennene.

I 2008 vart det sendt ut eit forslag til høyring om å føre over ansvaret for det overordna tilsynet på barnevernsområdet frå BLD til Statens helsetilsyn.

Fylkesmannen gjennomførte i 2008, i samarbeid med Statens helsetilsyn, eit felles tilsyn med kommunale tenester til barn som bur heime, og som har behov for tenester regulerte i barnevern-, helse- og sosiallovgivinga. Tema var korleis kommunane samordnar tenester og tiltak til utsette barn og unge som treng hjelp frå dei tre tenestene. 114 kommunar var gjenstand for dette tilsynet. Dei fleste kommunane som det hadde vore tilsyn med, hadde ikkje laga eit godt nok system som legg til rette for at dei ulike tenestene samarbeider for å gi barn og unge eit godt nok tilbod. Resultata vart offentlege i ein rapport i mars 2009.

Halvårsrapporteringane frå kommunane til fylkesmennene viste at kommunane per 31. desember 2008 hadde tilsynsansvar for 6 800 barn. Av desse hadde 90 prosent tilsynsførar. 70 prosent av desse barna hadde fått tilsyn i samsvar med lovkrav. Det er vanskeleg å nå målet om at alle skal ha tilsynsførar, mellom anna fordi det alltid vil ta noko tid frå eit barn flyttar inn i ein fosterheim eller beredskapsheim, til tilsynsførar for barnet er på plass. Dette er spesielt aktuelt i alle akuttsakene. Det kan òg i enkelte høve vere vanskeleg å skaffe tilsynsførarar. Fylkesmennene følgjer dette opp overfor kommunane og BLD tek opp problemstillinga med KS.

Eit godt tilbod om fosterheimar og institusjonar

Fosterheimsplassering er det mest brukte plasseringsalternativet for barn som blir plasserte utanfor heimen. Over 75 prosent av barna plasserte utanfor heimen i 2008 var i fosterheim. Statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at nær 7 900 barn var i fosterheim ved utgangen av 2008. Meir enn 2 230 av desse hadde fosterheim som frivillig hjelpetiltak med samtykke frå foreldra, medan dei resterande fosterheimsplasseringane var omsorgsovertakingar.

Oppfølginga av barn plasserte i fosterheim og oppfølging av fosterforeldre og biologisk familie vart styrkt, og ein rettleiing om oppfølging av biologiske foreldre vart gitt ut og distribuert til kommunane i 2009.

Ei arbeidsgruppe med representantar frå BLD, Norsk Tenestemannslag (NTL), Fellesorganisasjonen, Fagforbundet og Bufdir har utarbeidd forslag til standardkontraktar for statlege familie- og beredskapsheimar. Formålet med kontraktane er å gi oppdragstakarane gode og føreseielege rammevilkår, mellom anna med rett til kompensasjon ved sjukdom, rett til tenestepensjon, rett til refusjon av utgifter til yrkesskadeforsikring, rett til fri under og mellom plasseringar, opplæring og rettleiing, beredskap i akuttsituasjonar og vern mot oppseiing av kontrakten. Retten til tenestepensjon føreset at det blir vedteke ei eiga lov om pensjonsordning for oppdragstakarar i familie- og beredskapsheimar. Forslag til lov blei lagt fram i Ot. prp. nr. 109 (2008-2009) Om lov om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskaps- eller familiehjem. Standardkontraktane vil kunne takast i bruk så snart ei slik lov er vedteken og er sett i kraft.

BLD har gitt midlar til kompetanse, opplæring og forsking på fosterheimsområdet. Bufdir utarbeidde hausten 2008 utkast til retningslinjer for det statlege barnevernets ansvar for rettleiing og opplæring av fosterforeldre. Retningslinjene regulerer òg ansvaret for eit tilbod om nødtelefon (sjå omtale under Mål og strategiar).

BLD og Bufetat arbeidde vidare med å utvikle behandling til barn og unge med åtferdsproblem. Bufetat fekk ansvar for å byggje ut eit nytt tiltak for barn og unge med alvorlege og samansette problem: statlege behandlingsfosterheimar. Tiltaket er òg omtalt i kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Prosjektet Implementering av institusjonsmodell for utagerende ungdom, som er femårig, starta i 2004. Dette skjer i samarbeid med svenske styresmakter. Modellen MultifunC (Multifunksjonell Behandling i Institusjon og Nærmiljø) er no implementert i fem institusjonar i Bufetat, og i ein tilsvarande institusjon i Oslo. Ein implementeringsstudie av behandlingsmodellen blir gjennomført av Universitetet i Tromsø. Effektevaluering av behandlingsmodellen startar i 2009.

Som ei vidareføring av arbeidet med å sikre barn i institusjonar mot vald og overgrep, bad departementet i 2008 Bufdir om å utvikle kompetansehevingstiltak og informasjonsmateriell. Bufdir samarbeider under iverksetjinga med direktorat som har ansvaret for andre heildøgnstiltak (asylmottak, bustader for barn med nedsett funksjonsevne) for barn og unge.

Bufdir har utarbeidd rutinar for førebygging og handsaming av mistankar om fysiske og seksuelle overgrep og grenseoverskridande åtferd mot barn og ungdom i fosterheimar. Rutinane vart publiserte i februar 2009.

God oppfølging av ungdom med tiltak i barnevernet etter fylte 18 år

BLD førte vidare eit treårig utviklingsarbeid knytt til fattigdomsinnsatsen gjennom barnevernet. Åtte utvalde kommunar deltek og har sett inn tiltak for utsette unge i alderen 17-23 år. Målet er å hjelpe den unge til eit sjølvstendig liv som vaksen. Departementet samarbeider med Bufdir og Arbeids- og velferdsdirektoratet, som har ei tilsvarande ordning knytt til sosialtenesta. NOVA har gjort ei undervegsevaluering av utviklingsarbeidet.

I mars 2009 vart to rapportar om ettervern, som er laga etter oppdrag frå Bufdir, lagte fram: Forskningsbasert kunnskap om ettervern (NOVA) og Innvandrerungdom i barnevernets ettervern (Fafo). Målet med prosjektet var å få fram forskingsbasert kunnskap som kan medverke til å betre og systematisere arbeidet med og kunnskapen om ettervernet for unge vaksne som er på veg ut av barnevernet. Departementet gav òg stønad til distribusjon av ein DVD om ettervern med tittelen Problembarna. Sjå omtale i Mål og strategiar i kap 855 Statleg forvaltning av barnevernet. Det vart gjort endringar i barnevernlova for å understreke at barnevernstenesta har eit ansvar òg for ungdom mellom 18 og 23 år. Endringane inneber mellom anna at barnevernstenesta alltid må grunngi kvifor tiltak ikkje skal halde fram etter at ungdommen har fylt 18 år, eller kvifor ein avslår søknader.

BLD deltek i arbeidet for å motverke bustadløyse. Sjå Prop. 1 S (2009-2010) for Kommunal- og regionaldepartementet for nærmare omtale av dette arbeidet.

Høgt kunnskaps- og kompetansenivå i den kommunale barnevernstenesta og det statlege barnevernet

God fagleg utvikling

BLD førte vidare innsatsen for å styrkje kompetansen i det kommunale barnevernet (2007–2012). Formålet med satsinga er å gi kommunane betre føresetnader for å løyse dei vanskelege og komplekse sakene i barnevernet. Mellom anna følgjande tiltak blei sette i verk eller førte vidare:

  • BLD utvikla, i samarbeid med fire høgskolar, ei vidareutdanning for auka fleirkulturell kompetanse i barnevernet. Vidareutdanninga starta opp hausten 2008 med finansiering frå BLD. Utdanninga blir tilbydd ved høgskolane i Finnmark, Lillehammer, Oslo og Telemark. Hausten 2008 fullførte 83 studentar vidareutdanninga. Ordninga skal evaluerast i 2009.

  • Mentorordninga Nattergalen hadde oppstart hausten 2008. Gjennom Nattergalen får studentar på barneverns- og sosialfagutdanningar tilbod om å vere mentor for barn mellom åtte og 12 år med minoritetsbakgrunn. Ordninga blir gjennomført ved åtte universitet og høgskolar. I skoleåret 2008/2009 deltok 145 barn og 145 mentorar i Nattergalen.

  • Atferdssenteret fekk i oppdrag å arbeide vidare med implementering av nye metodar i barnevernet, mellom anna FFT (Funksjonell familieterapi) og opplæringa i desse metodane.

  • Departementet arrangerte i 2008 ni regionale konferansar for kommunane i landet. Sentrale tema under konferansane var metodar for arbeid med barn og unge som syner alvorlege åtferdsvanskar, barn som lever med vald i familien, og barn av foreldre med psykiske lidingar eller rusproblem.

  • Ei ekspertgruppe gjekk gjennom grunnutdanninga i barnevernet, i samarbeid med universitets- og høgskolemiljøa. I NOU 2009:8 Kompetanseutvikling i barnevernet. Kvalifisering til arbeid i barnevernet gjennom praksisnær og forskningsbasert utdanning blei det tilrådd mellom anna:

    • å stille større, nasjonale, bindande krav til innhaldet i grunnutdanningane

    • å opprette eit nasjonalt fagråd for barnevernsfeltet

    • å innføre krav om mastergradsutdanning for til dømes faglege leiarar i barnevernet

    • å innføre ei turnusordning etter fullført grunnutdanning og opprette ei autorisasjonsordning

    • å utvikle ein nasjonal strategi for å styrkje rekrutteringa til utdanningane, og å styrkje innsatsen for å rekruttere fleire menn og personar med minoritetsbakgrunn.

    BLD vil vurdere oppfølging av utgreiinga i samarbeid med Kunnskapsdepartementet

  • I 2008 blei heftet De usynlige barna utgitt av Helsedirektoratet og Bufdir. Heftet viser korleis norske styresmakter satsar på barn av psykisk sjuke og rusmiddelavhengige foreldre, og inneheld òg relevant fagstoff og erfaringar frå andre nordiske land.

  • Det vart arbeidd med å utforme ei rettleiing Snakk med meg og ein DVD om korleis ein skal samtale med barn og unge som kjem i kontakt med barnevernet.

  • Ei rettleiing om korleis barnevernet skal ta vare på foreldre etter omsorgsovertaking, blei publisert i juni 2009 Oppfølging av foreldre med barn/ungdom plassert i fosterhjem eller på institusjon. Sjå elles omtale av tiltak for å styrkje kompetansen i barnevernet under Mål og strategiar og i kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

  • BLD og Bufdir la våren 2009 fram ein ny Forskings- og utviklingsstrategi (2009-2012), jf. kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet og omtale av FoU-prosjekt under andre resultatmål i kap. 854. Innsatsen i 2005-2008 vart særleg retta mot følgjande satsingsområde:

    • barn under offentleg omsorg

    • rusmisbruk, psykiske lidingar og psykiske belastningar sette i ein barnevernskontekst

    • etnisitet og barnevern

    • vald i nære relasjonar

    • ettervern

    • praksis i barnevernet, system og organisering, mellom anna konflikthandtering i det daglege arbeidet

Tilskota til dei tre regionale utviklingssentra i barnevernet i Bergen, Trondheim og Tromsø blei førte vidare over kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet. Sentra driv forsking, forsøks- og utviklingsarbeid spesielt overfor det kommunale barnevernet. Det blei gitt driftsstøtte til Senter for studier av problematferd og innovativ praksis (Atferdssenteret) i 2008 og 2009. Departementet støtta i tillegg barnevernsforsking og forsking om barn med nedsette funksjonsevner, som er ein del av Program for velferdsforskning (1999-2008) i regi av Noregs forskingsråd. BLD og Helse- og omsorgsdepartementet gav òg midlar til eit prosjekt om gravide som misbrukar rusmiddel, under Forskingsrådets program Rusmiddelforskning (2007-2011).

Eit forslag om å opprette ein eigen barnesakkunnig kommisjon for å sikre kvaliteten på alle rapportar frå sakkunnige i barnevernssaker, og lovendringar, blei vedteke av Stortinget i mars 2009. Departementet arbeider med oppretting av kommisjonen.

Medverke til å auke prosentdelen tilsette med etnisk minoritetsbakgrunn i barnevernstenesta

For å auke den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet, blei det arbeidd for å auke talet på tilsette med etnisk minoritetsbakgrunn i barnevernstenesta. SSB utarbeider statistikk for tilsette med etnisk minoritetsbakgrunn i barnevernstenesta på nasjonalt nivå. Tal herifrå viser at 5,2 prosent av alle studentar på barnevernutdanninga hadde etnisk minoritetsbakgrunn ved utgangen av 2008. På same tidspunkt hadde 4,7 prosent av alle tilsette i barneverntenesta etnisk minoritetsbakgrunnbakgrunn. Eit av verkemidla for å auke talet på tilsette med etnisk minoritetsbakgrunn i barnevernet var tiltaket Nattergalen.

Eit heilskapleg tilbod til utsette barn, unge og familiane deira

Samarbeid til det beste for barnet på tvers av sektorar og nivå

I august 2008 underteikna departementet og KS ein ny samarbeidsavtale om barnevernet i kommunane. Avtalen gjeld fram til 1. september 2010. Ein del av avtalen gjeld etablering av eit tvisteløysingsorgan som skal ta stilling til tvistar mellom staten og kommunar om statens betalingsansvar etter barnevernlova og kommunanes betalingsansvar etter andre lover. Departementet støtta effektiviseringsnettverka En lærings- og utviklingsarena for barneverntjenesten i regi av KS med midlar slik at dei kunne utvide og effektivisere aktiviteten på barnevernsområdet. I 2008 sette BLD og KS i gang eit prosjekt i 15 kommunar, Saman for barn og unge, der ulike modellar for samordning av tenester til barn og unge skal prøvast ut for å få til eit meir heilskapleg tilbod i kommunane. Prosjektperioden er 2008-2010. Sjå nærmare omtale under Mål og strategiar. Regjeringa har sett ned eit offentleg utval (Flatø-utvalet) som skal greie ut korleis ein kan få til eit systematisk og bindande samarbeid mellom tenester som gir hjelp til utsette barn og foreldra deira. Det dreier seg her hovudsakleg om barnevern, skole, barnehage, helsetenester (fastlege, helsestasjon, skolehelseteneste, psykisk helsevern for barn og unge, tverrfagleg spesialisert rusbehandling), pedagogisk-psykologisk teneste, justissektoren og Arbeids- og velferdsforvaltinga. Utvalet skal vere ferdig innan utgangen av 2009.

For tidleg å kunne oppdage barn som har behov for hjelp vart det i 2008 starta eit arbeid med å utvikle materiell til bruk for samarbeidet mellom barnehage og barnevernsteneste. Rettleiinga Til barnets beste - samarbeid mellom barnehagen og barneverntjeneste blei publisert og lansert, og sendt til kommunane. Sjå òg under resultatmålet Alle meldingar og undersøkingssaker skal gjennomførast i samsvar med tidsfristane i lova.

Tidleg og rett hjelp til grupper av utsette barn, unge og familiane deira

Tilbod om hjelpetiltak etter barnevernlova, medrekna oppfølging av familie- og nærmiljøbaserte metodar

På oppdrag frå BLD arbeidde Atferdssenteret vidare med å utvikle tiltak og metodar som kan styrkje foreldres omsorgskompetanse, for å unngå plassering i fosterheim og på institusjon. Dette gjeld mellom anna hjelpetiltaka i barnevernet med sikte på tidleg intervensjon. Arbeidet med å implementere metodane Parent Management Training – Oregon (PMTO) for yngre barn, Multisystemisk terapi (MST) og Funksjonell familieterapi (FFT) for ungdom, blei ført vidare jf. omtale i Resultatrapport 2008/2009, kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Den interdepartementale samordningsgruppa for barn og unge førte arbeidet sitt vidare. Målet for arbeidet er å få til ei god og heilskapleg organisering av førebyggjande arbeid for barn, unge og familiar. Gruppa blir leidd av BLD.

Departementet gav økonomisk støtte til nasjonal samordning og oppfølging av Home-Start Familiekontakten Norge, eit førebyggjande tiltak for familiar med små barn som er i ein vanskeleg livssituasjon. Det blei gitt ekstra midlar til Home-Start Familiekontakten Norge til familiar med kronisk sjuke barn og barn med nedsett funksjonsevne. Diakonhjemmets Høgskole har gjort ei evaluering av Home-Start Familiekontakten Norge. Resultata frå evalueringa viser at Home-Start Familiekontakten Norge spelar ei viktig rolle for familiar i ein vanskeleg livssituasjon og særleg for familiar som har eit lite nettverk, og som treng fleire tenester.

Departementet gav midlar til ei evaluering av barnevernsvaktordninga. Evalueringsrapport frå prosjektet blei stilt ferdig i juni 2009. Rapporten viser at det er stor variasjon i kommunanes akuttberedskap, og at det er utfordrande når kriser for barn oppstår etter kontortid. Ein nyoppretta landsdekkjande alarmtelefon vart opna 2. juni 2009. Alarmtelefonen er open alle dagar utanom barnevernets kontortid.

Tiltak retta mot grupper av utsette barn, unge og familiane deira

BLD har ansvaret for å koordinere arbeidet mot tvangsekteskap og følgje opp tiltaka i Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008-2011). I 2008 førte BLD vidare støtta til organisasjonar som driv arbeid overfor ungdom som står i fare for å måtte inngå ekteskap mot sin vilje, og til organisasjonar som driv informasjons- og haldningsarbeid overfor gjeldande grupper. Tiltaka mot tvangsekteskap er òg omtalte under kap. 840 Krisetiltak og kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

Likeins har BLD ansvaret for å koordinere arbeidet mot kjønnslemlesting og følgje opp tiltaka i Handlingsplan mot kjønnslemlesting (2008-2011). I 2008 fekk fylkesmannen i oppdrag å setje i verk kompetansehevande tiltak om kjønnslemlesting overfor det kommunale barnevernet etter behov. Sju embete arrangerte kurs, konferansar og seminar om kjønnslemlesting med støtte frå BLD. Tiltaket blir ført vidare gjennom planperioden.

For å nå målet om å busetje einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar så raskt som mogleg og i gode omsorgstiltak, fekk kommunane òg i 2008 statsrefusjon for utgifter til kommunale barnevernstiltak for einslege, mindreårige utover ein eigendel. Ordninga med eit særskilt tilskot til kommunane ved busetjing vart ført vidare. I 2008 blei det busett 36 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år.

Barn med psykisk sjuke foreldre eller foreldre som misbruker rusmiddel, er ei særleg utsett og sårbar gruppe. BLD har i dei siste to åra, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, hatt ei satsing retta mot denne gruppa. For å styrkje kompetansen i kommunane er det tilsett fem regionale koordinatorar i det statlege barnevernet, éin i kvar region. I tillegg er det tilsett ein nasjonal koordinator i Bufdir. Sjå omtale under overskrifta God fagleg utvikling. 26 kommunar er med i eit prosjekt for å utvikle gode modellar for heilskapleg og systematisk oppfølging frå fødsel til skolealder av barn av psykisk sjuke og barn av foreldre som misbruker rusmiddel. Bufdir har ansvaret for organisering og oppfølging av ei evaluering i utvalde kommunar. BLD gav òg støtte til Nasjonalt kompetansenettverk for spedbarn og småbarns psykiske helse for at dei skal utvikle og implementere gode kartleggingsverktøy til bruk i barnevernet i kommunane.

Regjeringa la i desember 2007 fram ein ny Handlingsplan mot vold i nære relasjoner. Vendepunkt (2008-2011). Fleire av tiltaka i denne planen gjeld særskilt barn og unge. Mellom anna blei Alarmtelefonen for barn og unge som blir utsette for vald, overgrep eller vanstell, oppretta som tiltak 2 i handlingsplanen.

BLD førte vidare støtta til prosjektet Barn som lever med vold i familien (2007-2009). Prosjektet vart gjennomført i samarbeid mellom Alternativ til Vold og Senter for Krisepsykologi i Bergen. Prosjektet la i 2008 stor vekt på kompetanseheving i det kommunale barnevernet. Det vart innanfor prosjektet stilt ferdig ulikt informasjonsmateriell til krisesentra. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) sette i gang ei kartlegging av tilbodet til barn på krisesentra, og sluttrapporten låg føre i juni 2009. Rapporten viser mellom anna at tilbodet til barn på krisesenter er ulikt på landsbasis, og at barn må få meir informasjon om sin eigen situasjon. I 2008 formidla UNICEF, etter initiativ frå departementet, studiemateriell til skolar frå FNs studie om vald mot barn. Materiellet er for ungdom i alderen 12-18 år og skal medverke til å styrkje ungdommens eigen innsats mot vald mot barn.

Tiltaka i planen Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005-2009) vart sette i verk i nært samarbeid med mellom anna Bufdir, Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet. NKVTS var involvert i å følgje opp fleire av tiltaka. Dette gjeld mellom anna eit fleirårig FoU-prosjekt om behandlingstiltak for utsette barn og unge. NKVTS gav i november 2008 ut ein kunnskapsstatus om førebygging av vald som del av oppsedinga i familiar med etnisk minoritetsbakgrunn.

BLD følgde, i samarbeid med Bufdir, opp tiltaka i handlingsplanen til regjeringa Stopp menneskehandelen (2006–2009), som gjeld personar under 18 år. Sjå òg kap. 840 Krisetiltak.

Bufdir tok over ansvaret for å styrkje innsatsen mot fattigdom blant barn, unge og familiar knytte til barnevernstenesta i januar 2008. Barnevernstenesta i 29 utvalde kommunar deltek og mottek midlar for å setje i gang tiltak. Hovudmålet er å motverke og hindre reproduksjon av fattigdom og ytterlegare å styrkje samarbeidet og samhandlinga mellom barnevernstenesta og sosialtenesta lokalt og sentralt. Ein må sjå innsatsen i samanheng med arbeid mot fattigdom på storbyområdet, jf. kap. 857 Barne- og ungdomstiltak. Departementet og Bufdir samarbeider med Arbeids- og velferdsdirektoratet, som har ei tilsvarande satsing mot fattigdom knytt til sosialtenesta. Innsatsen mot fattigdom knytt til barnevernet og sosialtenesta skal evaluerast i 2009. Det er òg starta eit utviklingsarbeid retta mot ungdomsgruppa 17–23 år, jf. omtale under God oppfølging av ungdom med tiltak i barnevernet etter fylte 18 år og mål og strategiar.

BLD førte vidare samarbeid med andre aktuelle departement, dei familiestøttande tiltaka i Strategiplan for familier med barn med nedsatt funksjonsevne, som blei utarbeidd i 2005 og revidert i 2007. Dette gjeld mellom anna eit tilpassa tilbod om foreldrerettleiing og eit tilbod om støtte til familiar med barn som er kronisk sjuke eller har nedsett funksjonsevne, gjennom Home-Start Familiekontakten Norge. BLD tildelte òg midlar til forsking på området, mellom anna innanfor Velferdsforskingsprogrammet (2004-2008) i regi av Noregs forskingsråd.

Oppfølging av fleire av tiltaka for utsette barn, unge og familiar i 2010 er omtala i Mål og strategiar under delmålet Førebyggjande innsats og tidleg hjelp til utsette barn, unge og familiane deira.

Internasjonalt samarbeid om utsette barn og unge

Regionalt samarbeid innanfor Barentsregionen, Norden, Austersjørådet, Europarådet og andre internasjonale fora

BLD er medlem i Embetsmannskomiteen for sosiale saker i Nordisk Ministerråd og har eit spesielt ansvar for å syte for at barneperspektivet, særleg med vekt på barn og unge i risikosona, blir teke vare på innanfor det nordiske helse- og sosialsamarbeidet. BLD deltok i 2008 på den første nordiske konferansen om tilsyn med sosial- og barnevernstenesta. Samarbeidet om utsette barn i Austersjørådets medlemsland er ført vidare i 2008. Working Group for Cooperation on Children at Risk (WGCC) har, med støtte frå Noreg, utvikla eit opplæringsprogram for tilsyn med barne- og ungdomsinstitusjonar for å styrkje rettstryggleiken for barn og unge. WGCC har publisert ei kartlegging og ein rapport, Keeping the door open, om tiltak for barn og unge i medlemslanda som forlèt institusjonar for barn og ungdom, eller liknande omsorgstiltak.

Departementet har underteikna ein ny tosidig avtale med Litauen om samarbeid på barne- og ungdomsområdet for åra 2008 til 2010.

BLD gjekk i 2006 inn i ein samarbeidsavtale med republikken Karelen for å medverke til eit kompetansesamarbeid mellom desse landa. Dette samarbeidet vart følgt opp av Bufetat region Nord. Samarbeidet inneber kompetanseutveksling og prosjektsamarbeid for barn og unge i risikosona. I eit samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet vart det i 2008 sett i gang eit delprogram som rettar seg mot utsette barn og unge i Nordvest-Russland, Children and Youth at Risk in the Barents region 2008-2011. Dette på oppdrag frå ekspertgruppa til Barentsrådet for helse- og sosialsaker. Fleire land i Barentssamarbeidet er med i programmet gjennom deltaking i ein styringskomité med norsk leiing. BLD inngjekk i 2008 eit samarbeid med Justis- og politidepartementet med formål å betre situasjonen for dei mindreårige som sit i varetekt i Nordvest-Russland, og eit kompetansesamarbeid for å følgje opp unge kriminelle.

Barnesamarbeidet i Europarådet er i hovudsak samordna i programmet Building a Europe for and with children, der Noreg har hatt formannskapet sidan 2007, og i Committee of Experts on Social Policy for families and Children (CS-SPFC). Noreg har vore aktiv i utforminga av ein ny strategi for det tverrsektorielle barneprogrammet, som vart vedteke i ministerkomiteen i 2008 for perioden 2009- 2011. Noreg har, gjennom rapportering i samarbeid med Institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA), medverka til politikk- og tiltaksutvikling for å førebyggje vald mot barn. Ekspertkomiteen har stilt ferdig ein rapport om tilboda på institusjonane for barn og ungdom i medlemslanda, og alternative tiltak og oppfølging av barn og unge utanfor institusjonar.

Noreg deltok på FNs tredje verdskongress mot seksuell utnytting av barn og unge i Brasil i 2008. Eitt av måla med kongressen var å presentere omfanget av arbeidet mot handel med barn, ulike former for vald og overgrep og korleis landa best kan førebyggje, verne og hjelpe barn og unge.

Sikre barns interesser ved innanlands- og utanlandsadopsjon

Godt og formålstenleg lov- og regelverk

Ot.prp. nr. 33 (2007-2008) Om lov om endringer i ekteskapsloven, barnelova, adopsjonsloven, bioteknologiloven mv. (felles ekteskapslov for heterofile og homofile par) og Innst. O. nr. 63 (2007-2008) blei vedtekne i Stortinget våren 2008. Endringane i adopsjonslova inneber at ektepar av same kjønn kan adoptere på lik linje med heterofile ektepar. Endringa vart sett i kraft 1. januar 2009. Som følgje av denne endringa sa Noreg opp Den europeiske konvensjonen av 1967 om adopsjon av barn i november 2008. På same tid signerte Noreg revidert europeisk konvensjon om adopsjon av barn vedteken av Ministerkomiteen i Europarådet 7. mai 2008. Av nye sentrale punkt i den reviderte konvensjonen er at retten til å bli vurdert som adoptivforeldre er utvida frå å gjelde ektefellar av ulike kjønn og einslege, til òg å gjelde ektefellar av same kjønn og personar som lever i registrert partnarskap.

Det er lenge sidan det har vore ein brei gjennomgang av adopsjonsfeltet. Regjeringa sette i 2008 ned eit utval som skal gjennomgå norsk adopsjonspolitikk. Utvalet skal drøfte dei mange ulike sidene ved adopsjon for mellom anna å sjå nærmare på dei oppgåvene og det ansvaret styresmaktene bør ha. Mellom anna skal utvalet sjå på styresmaktenes handsaming av søknad om adopsjon, medrekna den tida det tek frå søknaden blir motteken, til adopsjonen er gjennomført. Utvalet skal òg vurdere dei krava norske styresmakter stiller til adoptivsøkjarar, i lys av dei krava utanlandske styresmakter stiller til dei same søkjarane. Utvalet skal leggje fram utgreiinga i 2009.

Høg kompetanse ved behandling av adopsjonssaker

Det vart òg i 2008 gitt tilskot til eit forskingsprosjekt som gjeld den sosiale utviklinga til utanlandsadopterte barn. Prosjektet inngår i eit større longitudinelt forskingsprosjekt om barns sosiale utvikling frå spedbarnsalderen. Målet er å analysere likskap og skilnader i utvikling av åtferdsproblem og sosiale evner mellom barn som er fødde i Noreg, og utanlandsadopterte barn. Samstundes vil ein kunne analysere utviklingsmønsteret innanfor adoptivgruppa, særleg med omsyn til variablar som mellom anna adopsjonsalder og kjønn. Prosjektet skal vere ferdig innan 2011.

Sikre eit tilbod om adopsjonsførebuande kurs

Tilbodet om adopsjonsførebuande kurs for dei som søkjer om å adoptere eit barn for første gang, heldt fram i 2008. Dette er nærmare omtalt under kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Høg rettstryggleik og god kvalitet i sakshandsamingaGodt og formålstenleg lov- og regelverkDel av meldingar og undersøkingssaker handsama og tiltak sett i gang innan tidsfristane i barnevernlova
God kapasitet og høg kompetanse i barnevernet og i adopsjonssakerDelen tilsette i barnevernet som har høgare, relevant utdanning
Effektivt og målretta tilsynDelen barn og unge i fosterheim som har fått tilsynsførar
Delen institusjonstilsyn – individtilsyn og systemrevisjon
Ungdom med tiltak i barnevernet skal ha god oppfølging òg etter fylte 18 årDelen ungdom som får ettervern
Førebyggjande innsats og tidleg hjelp til utsette barn, unge og familiane deiraTal på kommunar som har laga ein førebyggingsstrategi
Eit heilskapleg tilbod til utsette barn, unge og familiarTalet på barn som har individuell plan
Aktivt internasjonalt samarbeid for å betre levekåra for utsette barn og ungdomGjennomførte tiltak/planar i Norden, Austersjørådet, nordområda og andre internasjonale organisasjonar

Høg rettstryggleik og god kvalitet i sakshandsaminga

Godt og formålstenleg lov- og regelverk

Barnevern

BLD vil følgje praktiseringa av regelverket på barnevernsområdet nøye og jamleg vurdere behovet for endringar for å sikre at det er tilpassa dei utfordringar saksområdet krev.

Departementet la fram Ot.prp nr. 69 (2008-2009) Om lov om endringer i barnevernloven for Stortinget, som vedtok endringane i samsvar med departementets forslag. BLD vil følgje opp endringane. Mellom anna skal det utarbeidast ei forskrift om barnevernet si plikt til å utarbeide ein individuell plan for det einskilde barnet.

Departementet sendte i 2009 ut eit høyringsnotat med forslag om innføring av ein rett til kontakt mellom barnet og dei biologiske foreldra etter ein adopsjon etter barnevernlova (open adopsjon). Departementet vil på grunnlag av høyringa vurdere å fremme eit lovforslag om open adopsjon.

Departementet vil vurdere bruken av tvang overfor barn under opphald på barnevernsinstitusjonar. BLD vil vurdere nødvendige endringar i rettsforskrifta. Mellom anna på bakgrunn av erfaringane frå praksisfeltet vil departementet òg sende ut eit rundskriv om praktisering av regelverket.

Departementet sendte i juli 2009 ut eit høyringsnotat med forslag om ein eigen lovheimel for mellombelse plasseringar på institusjon utan samtykke for å gi barn som kan vere utsette for menneskehandel, nødvendig vern og omsorg.

Stortinget vedtok i 2005 å gjere tilpassingar i ordninga for rettferdsvederlag for barn plasserte i barneheim og fosterheim i perioden fram til 1980, jf. òg omtale under kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Vedtaket førte til at det kom inn svært mange søknader, og sakshandsamingstida i Bufdir blei derfor lang. Målsetjinga om at sakshandsamingstida i Bufdir skal vere eitt år, ligg fast. Sakshandsamingskapasiteten i Bufdir er blitt styrkt dei seinare åra, og det vil framleis vere eit tett samarbeid mellom Bufdir, Statens sivilrettsforvaltning og Rettferdsvederlagsutvala.

Adopsjon

Departementet legg vekt på å følgje internasjonale plikter på adopsjonsfeltet. Pliktene innanfor adopsjon er nedfelte i FNs barnekonvensjon og i Haagkonvensjonen om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar. Regionane i Bufetat har ansvaret for å handsame søknader om adopsjon.

Vidare vil departementet vil sikre ei mest mogleg lik behandling av saker som gjeld søknad om adopsjon både i og mellom dei fem regionane i Bufetat. Departementet vil derfor nøye følgje utviklinga av praksis.

Departementet vil òg følgje opp rapporten frå utvalet som har gjort ein brei gjennomgang av norsk adopsjonspolitikk.

Departementet vil arbeide for ei ratifisering av den reviderte europeiske konvensjonen om adopsjon av barn som blei signert i november 2008.

Departementet sendte i 2009 ut eit høyringsnotat med forslag om å stramme inn reglane om automatisk godkjenning av adopsjonar gjennomførte i statsborgarlandet til adoptivforeldra, i dei tilfelle adoptivforeldra er busette i Noreg. Departementet vil på grunnlag av høyringa vurdere å fremme eit lovforslag om dette.

God kapasitet og høg kompetanse i barnevernet og i adopsjonssaker

Barnevernstenesta får stadig fleire meldingar, og det blir sett i verk tiltak for ein stadig større del barn og unge. I 2008 fekk meir enn 44 000 barn og unge barnevernstiltak, det vil seie 4,1 prosent av innbyggjarane (0-17 år). Dei aller fleste får tiltak frå kommunale tenester, men ingen enkelt instans kan aleine sørgje for at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Det er lagt eit godt grunnlag for eit konstruktivt samarbeid mellom KS og BLD gjennom samarbeidsavtalen om utvikling av barnevernområdet. Avtalen skal bidra til meir heilskapleg arbeid for å nå målet om at utsette barn og unge skal få hjelp til rett tid. Ei auka satsing på barnevern må sjåast innanfor ei heilskapleg ramme kor ein ser dei kommunale tenestene i samanheng og der koordinerings- og prioriteringsoppgåva ligg på kommunalt nivå.

Delen av dei kommunale budsjetta som går til barnevern, har auka dei siste åra. BLD og KS har ein felles ambisjon om at dei kommunale tenestene for målgruppa må styrkjast med betre kapasitet, samarbeid og kompetanse. I det ligg ei felles forståing av at talet på årsverk i barnevernet og tilgrensande tenester må aukast. Regjeringa meiner veksten i dei frie inntektene til kommunane legg grunnlaget for at den kommunale barnevernstenesta kan styrkjast med 400 årsverk i 2010.

Det er ei særleg utfordring å styrkje kunnskapen slik at adoptivbarna og familiane deira kan bli tekne betre hand om av hjelpeapparatet. Departementet vil prioritere det fleirårige forskingsprosjektet Utanlandsadopterte barns sosiale utvikling ved Universitetet i Oslo. Prosjektet blei sett i gang i 2006 og skal halde fram ut året 2011. Prosjektet inngår i eit større forskingsprosjekt om barns sosiale utvikling, og omhandlar faktorar som har innverknad på utvikling av åtferdsvanskar og sosiale ferdigheiter.

Departementet vil bidra til å sikre eit godt tilbod om adopsjonsførebuande kurs til førstegongssøkjarar.

Barnevernet løyser sine saker innanfor tidsfristane i lova

Kommunane har ansvaret for å overhalde dei lovfesta tidsfristane for meldingar, undersøkingar og tiltak. Fleire kartleggingar og undersøkingar av kommunanes handtering av meldingar har dokumentert forskjellar mellom kommunar og bydelar når det gjeld terskelen for å leggje bort meldingar. Departementet har sett i gang eit arbeid og vil vurdere tiltak for å sikre kvaliteten i avgjerdsprosessane i kommunane.

Høgt kompetansenivå i den kommunale barnevernstenesta og det statlege barnevernet

Departementet starta i 2007 eit arbeid med å styrkje den faglege utviklinga og kompetansen hos barnevernstenesta i kommunane som skal gå fram til 2012. I 2010 vil departementet halde fram med arbeidet med å utvikle kunnskapsgrunnlaget, framleis gjennom konkrete FoU-prosjekt, utvikling av materiell og kompetansetiltak retta mot kommunane. Sjå òg omtale av prosjekt i Bufdir under kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet. Ved utvikling av tiltaka vil ein ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønn der det er behov. Følgjande tiltak vil bli prioriterte:

  • Frå skoleåret 2008/2009 tilbyr fire høgskolar vidareutdanninga Barnevernet i et minoritetsperspektiv. Hovudmålet er å gi grunnleggjande kunnskap om kva eit kultursensitivt barnevern er, og auke studentanes evner i arbeidet med barn, unge og familiar med minoritetsbakgrunn.

  • Departementet førar vidare tiltaket Nattergalen i 2010. Tiltaket skal auke kompetansen om etniske minoritetar i barnevernet.

  • BLD gir stønad til ein studie (2009-2012) som skal analysere kvifor talet på saker i barnevernet aukar. Analysane vil byggje mellom anna på registerdata. Studien blir gjennomført som to skilde, men samarbeidande prosjekt ved Atferdssenteret og ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo.

  • Støtte til prosjektet Det nye barnevernet i regi av regionale kompetansemiljø. Prosjektet skal utvikle verktøy for å betre samsvaret mellom barnets/familiens behov og barnevernets tiltak.

  • Departementet vil evaluere dei faglege måla som vart sette for barnevernsreforma då staten 1. januar 2004 tok over fylkeskommunanes oppgåver og myndigheit på barnevernsområdet.

  • Innstilling frå ekspertutvalet som gjennomgjekk grunnutdanninga i barnevernet, NOU 2009:8 Kompetanseutvikling i barnevernet. Kvalifisering til arbeid i barnevernet gjennom praksisnær og forskningsbasert utdanning skal følgjast opp i samarbeid med Kunnskapsdepartementet.

  • Departementet gav i 2009 ut fleire rettleiingar til bruk i det kommunale barnevernet. I 2010 vil BLD arbeide med implementering av desse i kommunane, sjå Resultatrapport 2008-2009. Departementet vil gi ut ei rettleiing til kommunane om busetjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.

Innsatsen på kompetanseområdet vil elles bli utvikla vidare i 2010, i samarbeid med Bufdir, fylkesmennene, høgskolar og universitet, KS og organisasjonane til dei tilsette.

Eitt av dei sentrale måla i barnevernet er å gjere tenesta meir kunnskapsbasert. Med kunnskapsbasert barnevern meiner BLD at barnevernet skal basere fagutøvinga på ein mest mogleg vitskapelig kunnskap saman med utøvarens erfaringar, kritiske og etiske vurderingar, brukarane sine preferansar og med kontekstuelle omsyn. Saman med Bufdir har BLD utvikla ein revidert langsiktig forskings- og utviklingsstrategi Et kunnskapsbasert barnevern (2009–2012) på barnevernsområdet. Sjå òg omtale under kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet. Følgjande tematiske satsingsområde blir framheva i denne strategien:

  • kunnskap om fosterheimar

  • forsking om effektar av tiltak – særleg hjelpetiltak

  • barns behov

  • kunnskap om institusjonar

  • brukarmedverknad

  • korleis går det med barn som er eller har vore i barnevernet – kva for faktorar inneber risiko?

  • kunnskap om utdanning, læring og arbeid

  • evaluering av større satsingar

  • barnevernets praksis og organisering.

Der det passar inn i einskilde prosjekt, skal problemstillingar og variablar som kjønn, etnisitet, urfolk, generasjon og sosial status bli inkluderte.

Departementets støtte til barnevernsforsking vil bli ført vidare, jf. Resultatrapport 2008-2009 og kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Departementet vil dessutan gi stønad til barnevernsforsking innanfor forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (2009-2018) i regi av Noregs forskingsråd. BLD vil i 2010 ha ein gjennomgang av ansvarsdelinga for forsking på barnevernsområdet. Det vil vere naturleg å vurdere om Bufdir skal få eit større ansvar for forsking på faglege metodar, samstundes som ein vurderer om og korleis andre instansar, for eksempel Forskingsrådet, kan bidra i høve til å vurdere kvaliteten på forskinga.

Mange av barna i barnevernet har vore eksponerte for rus i familie og nærmiljø. Barn som har opplevd rus på nært hald startar ofte sjølv å ruse seg. Derfor er det viktig å vere spesielt årvakne overfor desse barna. Kompetansen på rus er for dårlig både i det kommunale og det statlege barnevernet. Barnevernet har også behov for meir kunnskap om kva andre tenester kan gjere for denne gruppa. BLD vil i 2010 auke innsatsen innan rus i barnevernet gjennom kompetanseheving og utvikling av gode tiltak. Satsinga skal bli retta mot barn og unge som sjølv rusar seg. Målsetjinga er å avdekkje problema tidligare og setje i verk tiltak. Det er nødvendig med systematisk oppfølging av barna og foreldre/familie over tid for å sikre varig endring.

Samarbeidet med SSB for å utvikle den offisielle barnevernsstatistikken vil halde fram i 2010.

BLD vil få på plass gode rutinar og praksis for arbeidet i barnesakkunnig kommisjon, jf. omtale i Resultatrapport 2008/2009. Kommisjonen har i oppgåve å kvalitetssikre sakkunnige rapportar i barnevernssaker.

Effektivt og målretta tilsyn

Fylkesmannen skal oppfylle krava i lovverket om individretta og systemretta tilsyn i offentlege og private barnevernsinstitusjonar. Det er viktig at rettstryggleiken for barn og unge blir sikra i samsvar med regelverket og at fylkesmannsembeta prioriterer samtalar med barn og unge på institusjon.

Fylkesmennene skal halde nødvendig oversikt over og føre tilsyn med utviklinga i barnevernstenesta i kommunane og syte for at kommunane rettar opp feil og manglar. Fylkesmennene skal òg syte for at dei kommunane som ikkje var med i det landsomfattande tilsynet i 2008, blir kjent med resultata frå dette tilsynet. Dei årlege tildelte informasjonsmidlane kan nyttast til dette arbeidet.

Regjeringa legg vekt på å betre evna til barnevernstenesta til å setje inn gode hjelpe- og omsorgstiltak for barn som blir utsette for omsorgssvikt og mishandling. Fylkesmannen skal gjennom sin kontakt med kommunane stimulere til nytenking, organisasjons- og tiltaksutvikling og kompetanseutvikling i barnevernstenesta.

Fylkesmannen skal òg medverke til at kontakt og samarbeid mellom det statlege barnevernet og kommunane blir til beste for barn og unge.

Frå 2010 tek Statens helsetilsyn over ansvaret for det faglege overordna tilsynet med barnevernet. BLD vil framleis vere ansvarleg departement for tilsynet.

I 2010 vil fleire embete ha i oppgåve å føre tilsyn med mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. Det er oppretta omsorgssenter i fleire fylkesmannsembete: Oslo og Akershus, Østfold, Buskerud, Hedmark og Oppland og Nordland.

Fylkesmannen skal frå 2010 føre tilsyn med sentra for foreldre og barn, jamfør endring i barnevernlova.

Kommunane har ansvaret for rekruttering av tilsynsførar, og for at tilsynsførarar i fosterheimar får opplæring. Det kan i enkelte høve vere vanskeleg å rekruttere kvalifiserte tilsynsførarar i kommunane. Fylkesmannen vil følgje opp dei kommunane som ikkje har nemnt opp tilsynsførarar, og dei kommunane der lovkrava om talet på tilsynsbesøk ikkje er oppfylte. Bufdir har ansvaret for at det blir utvikla eit opplæringstilbod til kommunale tilsynsførarar, og har gitt eit tilbod til kommunane om opplæring. Denne opplæringa vil halde fram òg i 2010, jf. elles omtale i kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Ungdom med tiltak i barnevernet skal ha god oppfølging òg etter fylte 18 år

Overgangen frå ungdom til eit sjølvstendig liv som vaksen er særleg utfordrande for utsette barn og unge. Desse står i fare for å utvikle fattigdomsproblem. Eit godt ettervern føreset auka kompetanse og betre samarbeid mellom tenestene i kommunane og fleire tiltak basert på forsking. Departementet vil vurdere korleis ein skal følgje opp evalueringa av utviklingsarbeidet Utsatte unge 17-23 år i overgangsfaser knytt til fattigdomsinnsatsen gjennom barnevernet. Sjå omtalen om Unge utenfor under kap. 857 Barne- og ungdomstiltak og Resultatrapport 2008/2009.

Kunnskap frå dei to forskingsprosjekta om ettervern, Forskningsbasert kunnskap om ettervern (NOVA) og Et flerkulturelt ettervern? Ungdom med innvandrerbakgrunn i barnevernets ettervern (Fafo), vil bli brukt for å vurdere betringar i ettervernstilbodet. Oppfølginga vil bli sett i samanheng med lovproposisjonen om endringar i barnevernlova (endring av § 1-3 i barnevernlova den 19. juni 2009). I samband med denne vil det bli utarbeidd eit revidert rundskriv om ettervernet.

Førebyggjande innsats og tidleg hjelp til utsette barn, unge og familiane deira

Regjeringa ønskjer å styrkje det førebyggjande arbeidet i barnevernet slik at ein kan kome tidleg inn med tiltak og dermed unngå problemutvikling blant barn, unge og familiane deira. FoU-strategien til BLD og Bufdir vektlegg meir forsking på dei tradisjonelle hjelpetiltaka og deira verknad slik at endringsfaktorane blir kartlagde. BLD vil framleis gi støtte til nasjonal samordning og oppfølging av Home-Start Familiekontakten Norge, sjå omtale i Resultatrapport 2008/2009. Atferdssenteret har i oppgåve å skape og spreie kunnskap, kompetanse og metodar for å førebyggje og behandle åtferdsproblem, styrkje kompetansen om åtferdsproblem i barnevernet og integrere forsking og praksis. BLD og Bufdir gir økonomisk støtte til senteret saman med Utdanningsdirektoratet. Midlar til Atferdssenteret blei i 2009 overførte frå Helse- og omsorgsdepartementet til BLDs budsjett.

Å sikre god akuttberedskap for å førebyggje og behandle akutte kriser, der barn, unge og familiane deira er involverte, er eit viktig mål. På dei stadene der det er etablert ei eiga barnevernsvakt, vil dette vere den tenesta som ofte først kjem i kontakt med barn og unge med ulike problem. Rapporten Problemer har ikke kontortid. Akuttberedskapen i barnevernet (NOVA-rapport 5/09) blei stilt ferdig våren 2009. Han viste at det er lokale forskjellar i organiseringa. Evalueringa vil bli brukt til å vurdere korleis vaktordningane i barnevernet best kan organiserast og utbyggjast. Dette må sjåast i samanheng med etableringa av alarmtelefonen for barn og unge.

Etter initiativ frå Nordisk Ministerråd er det sett i verk ei ny kartlegging av førekomsten av familievald og seksuelle overgrep mot barn. Prosjektet (2008–2010) blir gjennomført i Noreg, Danmark og Finland. Frå norsk side deltek forskingsstiftinga NOVA i prosjektet.

Det blei i 2009 lovfesta at kommunane skal ha eit krisesentertilbod, jf. Ot.prp. nr 96 (2008-2009). Resultat frå rapporten Barns erfaringer fra livet på krisesenter, utarbeidd av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk (NKVTS), vil bli brukt i det vidare arbeidet med å styrkje tilbodet til barn på krisesenter. På same vis vil tiltak 27 om å styrkje kompetansen ved krisesentra bli styrkt ved å føre vidare eit opplæringsprogram som starta opp i mai 2009 i regi av Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS), region øst. Erfaringar frå prosjektet Barn som lever med vold i familien, som starta opp i 2004, vil bli formidla gjennom regionale konferansar. Prosjektet vil bli avslutta i 2010 (jf. tiltak 26).

Barn med rusmisbrukande foreldre eller foreldre som er psykisk sjuke, er ei særleg utsett og sårbar gruppe. Mange av dei blir ikkje fanga opp av hjelpeapparatet, og får ikkje den hjelpa dei treng. BLD og Helse- og omsorgsdepartementets satsing for å identifisere og følgje opp barn med rusmisbrukande foreldre eller foreldre som er psykisk sjuke omfattar ei rekkje tiltak som skal kome barna direkte til gode. Desse vil bli førte vidare i 2010. Mellom anna vil ein sikre oppfølging av barn fødde av mødrer i legemiddelassistert rehabilitering. Sjå meir omtale av tiltak for denne gruppa i kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet, Mål og strategiar.

For å nå målet om å busetje einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar så raskt som mogleg og i gode omsorgstiltak, vil BLD føre vidare ordninga med statsrefusjon for utgifter til kommunale barnevernstiltak for einslege, mindreårige utover ein eigendel. Ordninga med eit særskilt tilskott til kommunane ved busetjing blir ført vidare.

Barnevernet har eit særleg ansvar for utsette barn og unge, og bør derfor ha brei kunnskap om barnefattigdom og aktuelle verkemiddel. BLD vil vurdere korleis ein skal følgje opp resultata frå evalueringa av utviklingsarbeidet Utsatte unge 17-23 år i overgangsfaser i regi av NOVA, knytt til den styrkte innsatsen mot fattigdom blant barn, unge og familiar gjennom barnevernet. Sjå òg omtalen under resultatmålet God oppfølging av ungdom med tiltak i barnevernet skal ha god oppfølging også etter fylte 18 år.

Handlingsplanar for utsette grupper

BLD skal følgje opp Handlingsplan mot tvangsekteskap, som gjeld frå 2008 til og med 2011. Det statlege barnevernet skal i handlingsplanen etablere eit tilpassa tilbod om bustad for unge under 18 år i kvar region. I 2008 starta Bufdir arbeidet med å etablere spesialiserte beredskaps- og fosterheimar for å ta hand om desse ungdommane. Denne utgreiinga skal bli fullført innan 2011. I perioden for handlingsplanen skal Bufdir etablere tryggleiksklarerte og kvalitetssikra fosterheimar som skal prioritere unge som blir utsette for vald og tvangsekteskap. Det statlege barnevernet skal òg opprette forsterka fosterheim i kvar av dei fem regionane for denne gruppa innan utgangen av 2011.

Handlingsplan mot kjønnslemlesting (2008–2011) vil bli følgt opp. Planen skal mellom anna sikre ei effektiv handheving av lovverket, auka kompetanse og kunnskapsformidling, førebygging og haldningsskapande arbeid i barnevernet og sikre tilgjengelege helsetenester.

Handlingsplan for bedre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (lhbt – 2009-2012) vil likeins bli følgt opp. BLD har koordineringsansvaret for satsinga. I arbeidet legg ein vekt på at lhbt-perspektivet skal bli ein del av det alminnelege tenestetilbodet, at det skal inn i forskrifter og reglar for arbeidsmiljø og personalpolitikk og vere ein del av alle prosjekt og planar som handlar om mangfald, likestilling, inkludering, diskriminering og mobbing (mainstreaming). I tillegg skal det utarbeidast særskilde tiltak der dette er nødvendig. Lhbt- perspektiva skal bli ein del av kompetansehevinga i dei ulike offentlege tilboda, og ein del av utdanninga. Dei siste tiltaka i planen Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005–2009) blei sluttførte i 2009. BLD vil vurdere behov for nye tiltak etter at planperioden er slutt, utover dei tiltaka for barn som er ein del av handlingsplanen mot vald i nære relasjonar.

BLD vil styrkje innsatsen for å sikre at barn og unge som blir utsette for vald og overgrep i nære relasjonar, får eit godt tilbod om hjelp og eit liv utan vald og overgrep. Tiltaka i Handlingsplanen mot vold i nære relasjoner (2008-2011), Vendepunkt, vil bli ført vidare eller sluttførte. Det toårige prosjektet med Alarmtelefon for barn som er utsette for ulike former for vald, overgrep og vanstell (tiltak 2 i handlingsplanen Vendepunkt ) som er knytt til barnevernsvakta i Kristiansand, blir ført vidare i 2010, jamfør omtale i Resultatrapport 2008/2009.

Frå september 2009 er seks barnehus i drift. Justis- og politidepartementet er hovudansvarleg for verksemda i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet og BLD. Barnehusas verksemd held fram i 2010.

BLD og Bufdir har eit særleg ansvar for å sjå til at mindreårige offer for menneskehandel blir sikra trygge stader å bu, hjelp og vern. Ansvaret inkluderer å medverke til kompetanseutvikling i hjelpeapparatet. Departementets arbeid på saksfeltet er òg i 2010 knytt til iverksetjinga av handlingsplanen Stopp menneskehandelen (2006–2009). BLD vil i samarbeid med andre departement og direktorat arbeide med dei barneretta tiltaka i handlingsplanen både på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Barn og unge som gjer kriminelle handlingar, er ei utsett gruppe som har eit stort behov for førebygging, behandling og rehabilitering. Handlingsplanen Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet (2005–2008) og St.meld. nr. 20 (2006–2007) Alternative straffereaksjoner overfor unge lovbrytere, og tiltak og utviklingsarbeid på BLDs område, vil bli følgt opp i 2010, jf. elles omtale under kap. 857 Barne- og ungdomstiltak.

Departementet samarbeider med Arbeids- og inkluderingsdepartementet og andre aktuelle departement om familiestøttande tiltak, sjå kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Eit tilbod om støtte til familiar med barn som er kronisk sjuke eller har nedsett funksjonsevne, gjennom Home Start Familiekontakten Norge, blir òg ført vidare.

Eit heilskapleg tilbod til utsette barn, unge og familiar

Samordna tenester

Mange barn og unge har til dels store og samansette problem, og dei har behov for hjelp frå fleire tenester. Desse barna treng eit meir koordinert og samordna tilbod enn det dei får i dag. For å gi heilskapleg og koordinert hjelp tidleg nok må det utviklast eit betre samarbeid mellom tenestene, både på statleg og kommunalt nivå. Regjeringa har derfor sett ned eit offentleg utval (Flatø-utvalet) som skal gå igjennom korleis tenestene i dag kan samarbeide og samordne seg, og vurdere korleis tenestene kan organiserast for å gi god hjelp til dei som treng det. Utvalet vil leggje fram innstillinga si innan utgangen av 2009, og BLD vil deretter vurdere forslaga til utvalet og oppfølging av desse.

I 2008 vart samarbeidsavtalen mellom KS og BLD revidert. I den nye avtalen er det lagt vekt på eit betre samvirke mellom statleg og kommunalt barnevern. Gjennom støtte til effektiviseringsnettverka En lærings- og utviklingsarena for barneverntjenesten vil departementet sørgje for at fleire kommunar får høve til å delta i nettverk for effektivisering og kvalitetsutvikling i det kommunale barnevernet.

Prosjektet Bedre samordning av tjenester til utsatte barn og unge, sett i gang av BLD og KS, skal avsluttast i 2010 og vil bli evaluert av NOVA. 15 kommunar prøver ut eit forpliktande samarbeid. Både barnevernstenesta, PP-tenesta, sosialtenesta, helsestasjonane, barnehage- og skolesektoren er involverte. Departementet vil syte for at kunnskap om gode samarbeidsmodellar frå dette prosjektet blir spreidd til andre kommunar.

Dei fleste barn og unge i omsorgstiltak under barnevernet får dårlegare skoleresultat enn andre. For å betre tilbodet om skolegang og leksearbeid har BLD gitt Bufdir i oppgåve å utarbeide rutinar for å følgje opp barns skolegang i institusjon og i fosterheim. For å sikre at barn og unge i omsorgstiltak får skoletilbod umiddelbart etter flytting til ein ny omsorgsbase, har BLD òg bedt Bufdir om å revidere melderutinar for varsling om at eit barn/ ein ungdom treng grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring på bakgrunn av flytting. Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utvikle Program for inkluderande lærings- og oppvekstmiljø i skolen (PILO). BLD følgjer dette arbeidet for å fremme barnevernsklientanes særskilte behov for psykososiale og pedagogiske inkluderingstiltak.

Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet har sett i gang eit arbeid med sikte på samanslåing av RBUP Nord (Regionsenter for barn og unges psykiske helse) og BUS Nord (Barnevernets Utviklingssenter). Den samanslåtte eininga skal vere operativ i løpet av 2009. Ein liknande prosess er planlagt gjennomført mellom RBUP Vest og BUS Vest i 2010. Bakgrunnen for dette er å styrkje den tverrfaglige kompetansen i tenestene, og betre samarbeidet til beste for barn og unge.

For å leggje til rette for fagleg dialog og brukarmedverknad, blir samarbeidet ført vidare med organisasjonar som arbeider med barnevern og utsette barn og unge. Det gjeld mellom anna Norsk Fosterhjemsforening, Noregs Barnevernssamband, Landsforeningen for barnevernsbarn og PAG-stiftelsen og Voksne for barn.

Aktivt internasjonalt samarbeid for å betre levekåra for utsette barn og ungdommar

Målsetjinga med det internasjonale samarbeidet er mellom anna å bidra til utveksling av røynsler innanfor barne- og ungdomspolitikken med særskilt vekt på dei utsette gruppene i samfunnet.

Fremme samarbeidet i Norden og austersjøområdet

BLD vil, gjennom Embetsmannskomiteen for sosiale saker i Nordisk Ministerråd, følgje opp at barneperspektivet blir teke hand om i det nordiske helse- og sosialsamarbeidet. Dette med særleg vekt på barn og unge i risikosona. Medlemslanda i Austersjørådet skal halde fram med samarbeid og aktivitetar knytte til utsette barn og unge. Noreg deltek i ekspertgruppa til rådet (EGCC). Ein ny plan for prioriteringar i arbeidet for 2009-2011 er under utarbeiding. Formålet er å dele kunnskap om politikk og tiltak og drive ulike målretta tiltak innanfor tre prioriterte område: vern mot all seksuell utnytting av barn, vern av barn mot alle formar for seksuelle overgrep og vald, rettar for barn og unge på institusjon. Barn utsette for menneskehandel, og særleg med omsyn til einslege mindreårige asylsøkjarar, er ein del av arbeidet. Koordineringa skjer via Austersjøsekretariatet. EGCC har òg ei eiga nettside childcentre.info. Noreg har finansiert og utvikla eit opplegg for tilsyn med institusjonar for barn og unge. Målet er at landa skal sikre rettstryggleik for barn og unge i høve til internasjonale konvensjonar, rekommandasjonar og lovverket i dei enkelte landa. Noreg har formannskapen i Austersjørådet frå juli 2010.

Departementet vil følgje opp den tosidige avtalen med Litauen på barne- og ungdomsområdet som gjeld fram til 31. desember 2010.

Betre samarbeidet i nordområda, særleg på området utsette barn og ungdommar

BLD er medlem i Barentsrådets arbeidsgruppe for helse- og sosialsaker. BLD er medlem av og vil følgje opp arbeidet i komiteen for Barents helseprogram, som vurderer prosjektsøknader på helse-, sosial- og barneområdet i Nordvest- Russland. I 2010 vil departementet følgje opp programmet Children and Youth at Risk in the Barents region (CYAR), som er eit delprogram under Barents helseprogram. Noreg har formannskapet i 2010 for barneprogrammet, og Bufetat Region nord vil handsame dette formannskapet på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet og BLD. BLD og Bufetat vil følgje opp samarbeidet om å betre kompetansen om utsette barn og unge med republikken Karelen og Murmansk fylke. Dette skjer i samsvar med dei avtalane som er inngått om dette, og med utgangspunkt i dei pågåande prosjekta. I 2010 vil departementet føre vidare samarbeidet med Justis- og politidepartementet om å betre levekåra for mindreårige i fengsel i Nordvest- Russland.

Ein aktiv europapolitikk på barne- og ungdomsområdet

Regjeringa vil, i eit samarbeid mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet og BLD, føre vidare deltakinga i styringskomiteen for sosialt samhøyr (CDCS). Ein ny programstrategi er vedteke av Ministerkomiteen, og ein eigen rekommandasjon for å førebyggje vald mot barn skal leggjast fram for Ministerkomiteen i løpet av 2009. Rekommandasjonen vil vere retningsgivande for regjeringas arbeid i perioden 2010- 2012.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak, mellom anna kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet, til familierådslag og liknande tiltak. Posten dekkjer òg kostnader til konferansar, kjøp frå ulike frivillige og offentlege organisasjonar, tilsynsopplæring, informasjon og internasjonale forpliktingar.

Ein føreslår å flytte 11,266 mill. kroner frå posten til post 72 for å samle tilskotet til forsking i Atferdssenteret på ein post.

Vidare er det føreslått å flytte driftsmidlar på 15 mill. kroner frå post 71 til post 21. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.

I tillegg føreslår ein å flytte 2 mill. kroner til eit landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod for valdsutøvarar frå posten til kap. 842 Familievern, post 21.

Ein føreslår at 5 mill. kroner av løyvinga på posten skal nyttast til å auke ruskompetansen i barnevernet.

For å finansiere interne satsingar er posten føreslått redusert med 9 mill. kroner frå saldert budsjett 2009.

Post 50 Forsking, kan nyttast under post 71

Formål

Posten skal i hovudsak stimulere til forsking og forsøks- og utviklingsverksemd om utsette familiar og utsette barn og unge.

Posten dekkjer økonomisk stønad til ulike forskingsprogram og forskingsprosjekt med hovudvekt på:

  • utsette barnegrupper og familiar

  • adopsjonsspørsmål

  • barn i familiar med låg inntekt

  • barn av rusmiddelmisbrukarar og psykisk sjuke

  • barn som blir utsette for fysiske og seksuelle overgrep eller utnytting

  • barn som lever med vald i familien

  • evaluering av den statlege overtakinga av det tidlegare fylkeskommunale barnevernet

  • evaluering av foreldrerettleiingsprogrammet.

Oppfølging og kontroll

Departementet mottek rekneskap og rapportar for kontroll og oppfølging av tiltaka.

Post 64 Særskilt tilskot ved busetting av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Formål

Løyvinga skal dekkje det særskilde tilskotet som blir utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar blir busette.

Tildelingskriterium

Alle kommunar er inkluderte i ordninga ved busetting av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Tilskotet blir differensiert frå den månaden vedkommande blir busett. Tilskotet blir utbetalt til og med det året den einslege, mindreårige fyller 20 år. Etter fullmakt frå BLD utbetaler Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) tilskotet til kommunane, basert på talet på barn som blir busette i dei respektive kommunane.

Oppfølging og kontroll

I rundskrivet frå IMDi om tilskot blir det teke atterhald om at BLD eller IMDi og Riksrevisjonen skal ha tilgang til å setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnaden, jf. bevilgningsreglementet § 10.

Budsjettforslag 2010

Det er føreslått å auke tilskotet frå 115 850 kroner per barn per år i 2009 til 119 556 kroner i 2010, tilsvarande prisjustering. Ein ventar at 920 nye einslege, mindreårige utløyser dette tilskotet i 2010.

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Formål

Løyvinga skal dekkje statsrefusjon for kommunale utgifter til barnevernstiltak. Målet med statsrefusjonen er å oppnå busetjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar så raskt som mogleg og å sikre gode bu- og omsorgstiltak. Mange bu- og omsorgstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar er kommunale tiltak som blir drifta av kommunane i samband med busetjing (for eksempel bukollektiv). Enkelte einslege, mindreårige asylsøkjarar kan ha behov for plass i statlege tiltak som barnevernsinstitusjonar, og Bufetat har ansvaret for å skaffe slike institusjonsplassar. Bufetat har òg ansvaret for å gi rettleiing til kommunane ved val av butiltak med meir. Dersom utgiftene til bu- og omsorgstiltak med støtte og oppfølging er høgare enn den kommunale eigendelen, skal utgiftene refunderast av staten. Bufetat har ansvaret for å administrere refusjonsordninga.

Tildelingskriterium

Alle kommunar blir omfatta av ordninga dersom kommunane set i verk barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Etter fullmakt frå BLD er det Bufetat som utbetaler refusjon til kommunane, jf. Rundskriv om statsrefusjon for kommunale barnevernutgifter for enslige mindreårige asylsøkere og flyktninger (Q-05/2004).

Oppfølging og kontroll

BLD har tilgang til å setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene for løyvinga, jf. bevilgningsreglementet § 10.

Budsjettforslag

Det er føreslått å auke eigendelen frå 13 740 kroner per månad i 2009 til 14 180 kroner per månad i 2010, tilsvarande prisjustering.

Ein forventar at det blir utbetalt refusjon for om lag 530 barn i 2010.

Post 70 Tilskot til Rostad ungdomsheim og Rostad ettervernsheim

Over denne posten har det tidlegare vore budsjettert med midlar til den vidaregåande skolen ved Rostad ungdomsheim og Rostad ettervernsheim. Frå 2010 fell løyvinga til dette formålet bort.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 50

Posten dekkjer tilskotet til ulike tiltak innanfor barnevernet, tilskot til formål som dekkjer særlege behov for tilbod hos utsette barn, unge og familiar. Midlane blir i hovudsak retta inn mot organisasjonar, tiltak og formål som kan styrkje arbeidet med førebygging av problemutvikling blant barn og unge, tiltak som kan betre oppfølginga av barn i fosterheim og institusjon, og vidareutvikling av desse tiltaka. Delar av utgiftene til kompetanseutvikling i kommunane og drift av alarmtelefon for barn blir òg dekte under denne posten.

Det er føreslått å flytte 15 mill. kroner frå posten til post 21 for å gjere postbruken korrekt og 9,639 mill. kroner til kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet, post 21 for å samle løyvingane til implementering av metodar ved Atferdssenteret.

I tillegg blir det føreslått å flytte 2,5 mill. kroner til Helse- og omsorgsdepartementet grunna overføring av det faglege ansvaret for tilsynet med barnevernet.

Det er etter dette føreslått ein reduksjon på 27,139 mill. kroner på posten.

Post 72 Tilskot til Atferdssenteret

Posten dekkjer tilskotet til forsking ved Atferdssenteret. Midlane vart tidlegare løyvde på post 21. Det er òg budsjettert med midlar til Atferdssenteret under kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet, post 21, sjå omtale der.

Det er føreslått å løyve 11,266 mill. kroner på posten.

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

14 904

35 623

51 917

16

Refusjon av foreldrepengar

150

18

Refusjon av sykepengar

1 359

Sum kap. 3854

16 413

35 623

51 917

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter tilknytte mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, ifølgje OECD/DACs (Development Assistance Centre) statistikkdirektiv, godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Det blir føreslått at 51,9 mill. kroner av utgiftene på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 64 Særskild tilskot ved busetting av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på posten.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

2 988 135

2 851 258

3 114 157

21

Spesielle driftsutgifter

51 784

54 247

65 112

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

1 413 048

1 517 294

1 517 294

45

Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

32 203

63 288

64 997

60

Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01

128 063

164 678

169 948

Sum kap. 855

4 613 233

4 650 765

4 931 508

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Godt tiltaksapparat i barnevernet med behovstilpassa struktur og kapasitet

Figuren under viser aktivitetsutviklinga i statlege tiltak over dei siste åra. Mellom 2005 og 2008 har talet på barn i det statlege barnevernet auka med 11,6 prosent totalt. Talet på barn i fosterheim(statlege beredskapsheim og familiehjem) auka med 28,0 prosent medan talet på barn i institusjon blei redusert med 9,4 prosent. Målt i opphaldsdagar er veksten totalt sett på 10,6 prosent, av desse ein auke på 37,3 prosent i fosterheim og 12,9 prosent i hjelpetiltak i heimen, medan det er ein nedgang på 7,5 prosent i institusjon.

Figur 3.3 Utvikling i talet på opphaldsdagar i det statlege barnevernet,
2005 – 2008, eksklusiv Trondheim

Figur 3.3 Utvikling i talet på opphaldsdagar i det statlege barnevernet, 2005 – 2008, eksklusiv Trondheim

Kjelde: Bufdir

Høg kompetanse og godt fagleg nivå i det regionale barnevernet

Bufetat har utarbeidd regionale kompetanseplanar, og det er gjennomført opplæring i samsvar med definerte behov. Opplæring i kunnskapsbaserte metodar, opplæring av fagteam og andre temakurs er gjennomført.

Eit barnevern med høg legitimitet

Resultat frå Norsk Monitor 2007/2008 MMI-undersøkelse om endringer i befolkningens tillit til barnevernet viser at det er ei positiv utvikling i befolkningas tillit til barnevernet. I 2008 hadde 25 prosent eit godt inntrykk av barnevernet (18 prosent i 2003). Delen av befolkninga som har dårleg inntrykk av barnevernet, er redusert frå 44 prosent i 2003 til 33 prosent i 2008.

På grunnlag av evalueringa av kommunikasjonsstrategien Et åpnere barnevern vart det derfor laga ein revidert kommunikasjonsstrategi, Et åpent barnevern, som er lagt ut på nettstaden bufetat.no og distribuert elektronisk til alle kommunar, fagteam, barnevernsinstitusjonar med fleire. I 2008 blei ulike informasjonstiltak sette i verk.

Systematisk satsing på forsking og utvikling

Barne-, ungdoms, og familiedirektoratets (Bufdir) og BLDs felles FoU-strategi for eit kunnskapbasert barnevern (2005-2008) blei avslutta i 2008. Ein ny FoU-strategi for perioden 2009-2012 vart lagt fram våren 2009.

Ei rekkje FoU-prosjekt blei starta opp, var i gang og/eller blei stilte ferdig i 2008:

  • Prosjektet Evaluering av heimebaserte tiltak i barnevernet blei gjennomført av barnevernets utviklingssenter på Vestlandet.

  • Barnevernets utviklingssenter i Nord-Noreg har laga ein kunnskapsstatus og kunnskapsbehov for barnevernet i samiske kommunar.

  • Enhet for kognitiv utviklingspsykologi (EKUP) forskar på prinsipp som styrer barns åtferd, utvikling av depresjon, trauma, kognitiv svikt og læring.

  • Forslag til kriteriemodell for fordeling av budsjettmidlar i det statlege barnevernet blei utarbeidd av Fürst og Høverstad AS.

  • Barnevernets utviklingssenter på Vestlandet har i samarbeid med Atferdssenteret evaluert effekten av PMTO-kurs for fosterforeldre. Rapport frå prosjektet Evaluering av PMTO-kurs for fosterforeldre – en effektstudie blei publisert i april 2009.

  • Rambøll Management AS fullførte evalueringa av fagteama i januar 2008. Undersøkinga identifiserer kritiske utviklingsområde og gir tilrådingar til Bufdir for vidare utvikling av fagteama.

  • Folkehelseinstituttet utfører prosjektet Sosialt nettverk, mestring og psykisk helse blant enslige mindreårige asylsøkere med støtte frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Helsedirektoratet og Bufdir. Undersøkinga starta i 2006 og skal avsluttast i 2011. Første delrapport blei publisert i 2008.

  • NOVA leverte i 2008 sluttrapporten Barnevernsklienter i Norge 1990-2005. En longitudinell studie frå prosjektet Barnevern i Norge 1990-2006.

  • NOVAs rapport Forskningsbasert kunnskap om ettervern vart lagt fram i mars 2009. Sjå òg omtale i kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet .

  • FAFOs rapport frå prosjektet Et flerkulturelt ettervern? Ungdom med innvandrerbakgrunn i barnevernets ettervern kom i mars 2009. Sjå òg omtale i kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet.

  • Nasjonalt bibliotek for barnevern og familievern (NBBF) samlar og gjer relevant kunnskap tilgjengeleg for barnevernet og familievernet. I nettbiblioteket kan ein få tilgang til fagtidsskrift, forskingsrapportar og rettskjelder.

    Biblioteket hadde sitt første driftsår i 2008 og biblioteket er eit sentralt og nyttig verktøy for å kunnskapsbasert arbeid i barne- og familievernet. Biblioteket fekk 3 000 registrerte brukarar i 2008.

Bufdir har, i samarbeid med Atferdsenteret, arbeidd med implementering og kvalitetssikring av evidens- eller forskingsbaserte metodar. Arbeidet har i stor grad dreidd seg om:

  • å føre vidare kvalitetssikringsarbeidet rundt multisystematisk terapi (MST) og MultifunC,

  • å auke kapasitetsutnyttinga av MultifunC og MST,

  • tilpassing til ny arbeidstidsavtale for MST,

  • og informasjonsarbeid overfor etaten gjennom innlegg på konferansar og fagmøte.

God opplæring og rettleiing til hjelpeapparatet i saker som gjeld vald og utnytting

Bufetat arbeidde gjennom fagteama for å hjelpe kommunane i saker som gjeld vald, overgrep og seksuell utnytting av barn. Det var òg tett samarbeid med lokalt psykisk helsevern, fem regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS), barnehus og Senter for krisepsykologi.

Det vart halde regionale og lokale tverretatlege konferansar som eit ledd i kompetansestyrkinga retta mot kommunane.

Bufdir samarbeidde med Sosial- og helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet for å førebyggje overgrep og å senke ungdoms terskel for å oppsøkje hjelpeapparatet. Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet hadde hovudansvaret for iverksetjing. Fem av prosjekta det var forslag om i Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005-2009), blei sette i verk. Bufdir starta i 2008 arbeidet med å omsetje og tilpasse PRIDE (Parent, Resource, Information, Development, Education) vidareopplæringskurs om barn som blir utsette for seksuelle overgrep. I regi av familievernkontoret i Drammen har Bufetat Region sør hatt prosjektet Barn på krisesenter. Prosjektet har mellom anna sett på samarbeidsmodellar mellom krisesentra og kommunalt hjelpeapparat for å gi betre hjelp og oppfølging.

Kostnadseffektiv drift

Aktivitetsveksten i barnevernet har halde fram òg i 2008. Målt i tal på opphaldsdagar er veksten på 2,1 prosent frå 2007 til 2008, sett bort frå Trondheim. I budsjettet blei det føresett ein vekst i tiltak på 7,7 prosent. Den reelle veksten i utgifter fråtrekte refusjonar utanom Trondheim er 4,2 prosent. Utgiftsveksten i 2008 var med andre ord høgare enn aktivitetsveksten målt som auken i talet opphaldsdagar. Departementet er uroa over at utgiftsveksten i det statlege barnevernet held fram. 1. juli 2008 overtok Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) ansvaret for andrelinjetenesta for barnevernet i Trondheim kommune.

Målet er at alle kjøp av private institusjonsplassar skal vere i samsvar med reglane om offentleg anskaffingar. For å redusere del av kjøp som ikkje er omfatta av desse reglane, vart det i 2008 gjennomført konkurranse med forhandlingar for ideelle organisasjonar som tilbyr institusjonsplassar. Del av kjøp av enkeltplassar var i 2008 likevel på nærmare 30 prosent. Dette blir gjort i hovudsak for å hindre flyttingar for barna. I 2009 arbeider direktoratet vidare med å redusere kjøp av enkeltplassar.

God kjennskap til aktuelt regelverk blant tilsette

Alle tilsette i Bufetat skal ha nødvendig kompetanse for å arbeide i samsvar med gjeldande lov- og regelverk. Derfor er det gjennomført ei rekkje kurs og opplæringstiltak.

Fagteama har etablert eit omfattande samarbeidsnettverk med ulike regionale og lokale samarbeidsinstansar og har med jamne mellomrom samarbeidsmøte med kommunane om saker. Mange fagteam har inngått formelle samarbeidsavtalar med enkeltkommunar, og fleire arbeider for å etablere slike avtalar. Fagteam Trondheim vart etablert 1. juli 2008 og er godt i gang med å inngå samarbeidsavtalar med bydelane i Trondheim kommune.

Det er framleis avvik mellom tilbod og etterspurnad på forskingsbaserte åtferdstiltak. Mange fagteam legg opp til eit betre samspel mellom MST-teama, kommunane og korttidsinstitusjonane. Fleire PMTO-terapeutar er utdanna, og ein ventar framtidige effektar av dette.

I 2008 blei det registrert ein auke av akuttplasseringar. To fagteam sette i verk samarbeidsprosjekt med enkeltkommunar for å redusere talet på akuttplasseringar. Andre fagteam arbeider òg målretta med tiltak knytte til akuttsaker.

Mange saker i barnevernet manglar tiltaksplanar og omsorgsplanar i tråd med rundskrivet Q-1104/2006 Tiltaksplaner og omsorgsplaner i barneverntjenesten – en veileder. Fagteama melder om at mange saker manglar slike planar, og at det kan vere mangelfulle utgreiingar av barnets behov for hjelp. Særleg gjeld dette akuttsakene. Dette gir mellom anna utfordringar med å sikre eit godt nok grunnlag for tildeling av rett statleg tiltak til det einskilde barnet. Alle fagteam gir tilbod om konsultasjon i planarbeidet, og fleire har gitt tilbod om opplæring til kommunal barnevernsteneste.

Rapporten Vurdering og videreutvikling av fagteam blei drøfta på ein nasjonal konferanse og resulterte i strakstiltak i fagteama og i regionane. Hausten 2008 blei det nedsett ei arbeidsgruppe av Bufetat, KS og BLD. Mandatet til gruppa er å setje i verk tiltak for å betre samarbeidet mellom statleg og kommunalt barnevern. Mangel på statlege tiltak, særleg fosterheimar, og saker der barn har rett på tiltak etter ulike lovverk, er nemnde som store utfordringar i samarbeidet.

Programmet for Kompetansestyrking av fagteamene 2006-2008 er gjennomført i samsvar med planane.

Fagteama rapporterte om utfordringar med oppfølging av ungdom over 18 år, og legg derfor stor vekt på å styrkje ettervernet.

Bufdir hadde ansvaret for å følgje prosjektet Styrket innsats mot fattigdom blant barn, unge og familier gjennom barnevernet i 29 kommunar. Hovudmålet er å motverke fattigdom og betre samarbeidet mellom barnevern og sosialteneste. Bufdir mottok søknader frå 24 kommunar i 2008, og det blei utbetalt totalt 4,3 mill. kroner i tilskot. Ei viktig oppgåve i 2008 var å førebu ei meir målretta tilskotsforvalting for ordninga. Bufdir overtok drifta for nettstaden Kommunale tiltak mot barnefattigdom i 2008. Det blei òg halde ei nettverkssamling om barnefattigdom i samarbeid med NAV. Ansvaret for å ta imot førespurnader utanom kontortida til fagteama er lagt til akuttinstitusjonar og/eller døgnkontinuerleg telefonvaktordning for fosterfamiliar og det kommunale barnevernet i det aktuelle området.

Strukturert samarbeid på regionalt og lokalt nivå mellom barnevernet, psykisk helsevern for barn og unge og tverrfagleg spesialisert rusbehandling

Bufdir samarbeider med ei rekkje offentlege instansar i realiseringa av dei overordna målsettingane.

Det er inngått ein overordna samarbeidsavtale med helseføretaka. Dette har ført til samarbeidsavtaler mellom spesialisthelsetenesta, fleire fagteam og barnevernsinstitusjonane i Bufetat. Fleire fagteam har regelmessig kontakt med barnerehabiliteringsteam, fylkesmannsembeta og fylkesutdanningskontor. Det blir framleis arbeidd med å inngå avtalar innanfor spesialisert rusbehandling.

Bufdir overtok satsinga for barn med psykisk sjuke og/eller rusmisbrukande foreldre i 2008 (sjå òg kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, Mål og strategiar). Det vart etablert eit eige modellkommuneprosjekt med 26 kommunar. Modellkommunane fekk statlege tilskot, og det blei tilsett ein nasjonal koordinator i Bufdir og ein regional koordinator i kvar region. Det er utarbeidd strategiar for betre implementering og utvikling av gode tverrfaglege samarbeidsarenaer for dei neste åra. Det har blitt halde to nasjonale og tre regionale konferansar om tverrfagleg oppfølging av gravide, spedbarn og småbarn.

Individuell tilpassing av tilboda til barna

Fagteama skal mellom anna hjelpe kommunane med rettleiing og hjelp i utgreiingsarbeid og i kompliserte barnevernssaker. Bufdir har starta ei utgreiing av barnas behov og evaluering av tiltak og planar for å sikre best mogleg utvikling for barnet. Saman med Helsedirektoratet er det starta eit prosjekt for å gjere anerkjente utgreiings- og kartleggingsverktøy meir kjende for relevante fagmiljø. Det er inngått ein avtale med Helsebiblioteket om utarbeiding av oversiktar, og det skal planleggjast opplæringstiltak knytte til dette.

Alle i skolepliktig alder eller med rett til vidaregåande utdanning skal ha eit opplæringstilbod i tråd med forskrifta til opplæringslova. Bufetat følgde opp retten til vidaregåande utdanning gjennom vektlegging av opplæring av nøkkelpersonar i fagteam og institusjonar i opplæringslovas føresegner.

Eit likeverdig, differensiert og tilstrekkeleg institusjons- og fosterheimstilbod

Figuren under viser bruk av ulike tiltak i Bufetat. I Region sør får heile 45 prosent av barna hjelp i fosterheim, berre 31,5 prosent av barna er i institusjonar. Region øst og Midt-Noreg, derimot, har framleis om lag 40 prosent av barna på institusjon. Region Midt-Noreg og vest har dessutan den minste delen av barn i fosterheim med om lag 25 prosent.

Figur 3.4 Prosentvis fordeling på tiltak i dei ulike regionane

Figur 3.4 Prosentvis fordeling på tiltak i dei ulike regionane

Kjelde: Bufdir

Institusjonstilbod

Det er eit viktig mål for regjeringa å førebyggje institusjonsplasseringar. Det gjeld å kome inn så tidleg som mogleg og først søkje å hjelpe barn og unge i deira eige nærmiljø. Forsking viser at spesielt barn og unge med åtferdsproblem er særleg utsette for negativ påverknad frå andre ungdommar. Samstundes er det viktig at ein ikkje byggjer ned institusjonstilbodet utan at ein har betre alternative tilbod. For dei ungdommane som ikkje kan bu heime, er målet å gi dei ein trygg omsorgsbase samstundes som dei kan få god hjelp og støtte til å utvikle seg. Bufetat byggjer derfor ut både tilbodet sitt om familieheimar og behandlingsheimar. Dei sistnemnde skal vere bemanna med faglærde vaksne som kan ta hand om den daglege omsorga, og som samstundes har kompetanse i å ta seg av barn og unge med samansette problem.

Figuren under viser gjennomsnittleg tal på opphaldsdagar per barn i institusjon i dei ulike regionane i Bufetat i 2008.

Figur 3.5 Gjennomsnittleg tal på opphaldsdagar per barn i institusjon
i regionane i 2008

Figur 3.5 Gjennomsnittleg tal på opphaldsdagar per barn i institusjon i regionane i 2008

Kjelde: Bufdir

Bufetat arbeidde vidare med å implementere metodar og system for å betre kvaliteten i institusjonane og å utvikle ei einsarta forståing og praksis og likeverdige tilbod i heile landet. Det vart mellom anna arbeidd med konkurransegrunnlaget i innkjøpsprosessen av institusjonsplassar hausten 2008, noko som var eit viktig bidrag til å få ein meir einsarta praksis. Arbeidet med utvikling av felles faglege normer og retningslinjer på institusjonsområdet blei òg ført vidare. Bufetat gjennomførte, i samband med kontroll av godkjende private og kommunale barnevernsinstitusjonar og oppfølginga av retningslinjene for årleg kontroll av statlege barnevernsinstitusjonar, 77 besøk i statlege barnevernsinstitusjonar og 112 møte med private og kommunale barnevernsinstitusjonar.

Bufetat følgde opp tiltak 6 i Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn og unge (kartlegging av rutinar som institusjonane har for handtering av mistanke om overgrep mot barn og unge). Dette gjeld rutinane av juni 2007 og den årlege oppfølginga av kvalitetsforskrifta i dei statlege institusjonane. Dei fleste institusjonane har implementert rutinane i sine institusjonsplanar.

Bufetat utarbeidde eigne rutinar for å følgje opp tilsynsstyresmaktenes rapportar og funn og følgde raskt opp overfor dei institusjonane dette gjaldt.

Det blei arbeidd for å få til eit godt og tilstrekkelig behandlingstilbod til ungdom med store valds- og aggresjonsproblem. Forskingsbaserte tiltak som PMTO, MST og MultifunC er etablerte og tilgjengelege i alle regionar. Også Funksjonell Familieterapi (FFT) og Multi Treatment Foster Care (MTFC) er under utprøving eller etablering i enkelte regionar.

MST kan vise til særs gode resultat over tid. Statistikk frå Atferdssenteret viser at meir enn 80 prosent av ungdom som gjennomgår heile programmet, ikkje treng nye hjelpetiltak og bur heime 18 månader etter behandling. MultifunC-programmet er implementert i tre av fem statlege institusjonar. Ei førebels oppsummering av behandlingsresultatet hausten 2008 frå dei MultifunC-institusjonane som har oppnådd tilfredsstillande implementeringsgrad, tyder på ei resultatoppnåing på over 70 prosent på same indikatorar. Målgruppa for MultifunC har gjennomgåande noko høgre risiko for framleis problemutvikling enn målgruppa for MST. Utfordringa i 2008 har vore lav kapasitetsutnytting grunna for få tilvisningar. Det har vore arbeidd målretta i etaten og overfor kommunane for å auke kapasitetsutnyttinga i desse tenestene. To institusjonar hadde utfordringar knytte til implementering av MultifunC. Dei blei følgde opp av Bufdir og MultifunC-prosjektleiinga. Arbeidet held fram i 2009. Ved årsskiftet er tre institusjonar klare for evaluering i ein effektstudie.

I 2008 fekk 48 nye kommunar opplæring i familierådsmodellen. Totalt har 161 kommunar til no fått opplæring i familieråd. Koordinatorar blei knytte i koordinatorpoolar til fagteam og får jamleg rettleiing av rådgivarar i fagteam eller av regionale koordinatorar for familieråd. 17 fagteam har etablert koordinatorpoolar, og det er om lag 150 tilgjengelege koordinatorar i Noreg. Det blei totalt gjennomført mellom 300 og 400 nye familieråd i 2008. Fleire fagteam rapporterer at avgjersler frå familieråd har gitt andre tiltak enn plassering på institusjon. Det blir årleg gjennomført samlingar med kommunane for å samordne implementeringa. Noverande implementeringstakt samsvarar med målsetjingar i Nasjonal implementeringsplan for familieråd (2007-2012). Direktoratet merkar auka interesse frå heile barnevernsfeltet og er nøgd med at så mange familieråd blir gjennomførte. Det er etablert samarbeid med andre sektorar i Noreg som nyttar modellen og fagmiljø i andre land.

Fosterheimstilbod

Ei av dei store utfordringane i 2008 var å rekruttere nok fosterheimar. Talet på tilsette som arbeider med fosterheimsarbeid, har auka i etaten sett under eitt, og etaten arbeider for å styrkje samarbeidet med kommunane i rekrutteringsarbeidet gjennom utviklinga av felles prosedyrar og standardar.

Frå 2005 til 2008 auka talet på opphaldsdagar i statlege fosterheimar med vel 37 prosent. Frå 2005 til 2008 har det likeins vore ein auke på 28 prosent i talet på barn plasserte i statlege fosterheimar og kommunale fosterheimar med forsterking. Inkludert barn frå Trondheim kommune var det totalt plassert 2 075 barn i statlege fosterheimar og kommunale fosterheimar med statleg forsterking.

Fosterheimstenestenes opplærings- og rettleiingstilbod, både generelt og overfor den einskilde familien, er ein viktig del av innsatsen for å hindre utilsikta flyttingar. Også eit betre samarbeid med kommunal barnevernsteneste, gjennom samarbeidsavtalar og tidleg involvering i vurderinga av forsterkingstiltak i fosterheimen, er viktige tiltak for å førebyggje utilsikta flyttingar.

Bufdir følgde opp arbeidet med opplæring av fosterforeldre gjennom opplæringsprogrammet PRIDE. Det vart utarbeidd ein fornya manual for PRIDE-leiaropplæring for tema barn med minoritetsetnisk bakgrunn og barn som har vore utsette for seksuelle overgrep.

Bufetat er godt i gang med å halde kurs for tilsynsførarar og har etablert samarbeid med kommunal barnevernsteneste for å hjelpe til med rekrutteringa av tilsynsførarar. Sjå og omtale i kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet.

Regionane arbeidde med å styrkje kompetansen i fosterheimstenestene på område som fleirkulturelle fosterheimar, marknadsføring, rettleiing, bruk av kartleggingsverktøy og tema som åtferds- og tilknytingsvanskar.

Direktoratet stilte ferdig utkast til rutinar for å førebyggje og handtere fysiske og seksuelle overgrep og grenseoverskridande åtferd mot barn i fosterheimar i desember 2008, eitt sett rutinar til fosterforeldre og eitt sett til tenestenivåa. Desse rutinane er distribuerte til dei aktuelle instansane. Målet er å gjere ansvarstilhøvet tydeleg mellom tenestenivåa og sikre god handtering av saker der det oppstår mistanke om overgrep mot fosterbarn.

På bakgrunn av ei kartlegging og vurdering av rettleiingsmodellar som Bufdir gjorde i 2007, utarbeidde direktoratet utkast til retningslinjer for statleg regional barnevernstyresmakt sitt ansvar for rettleiing og opplæring etter fosterheimsplassering. Retningslinjene utgjer eit viktig bidrag i arbeidet med å sikre eit likeverdig tilbod i etaten.

Ny organisering av fosterheimsfeltet

Bufdir medverka i BLDs arbeid med å utforme standardkontraktar for statlege familie- og beredskapsheimar saman med representantar frå Norsk Tenestemannslag, Fellesorganisasjonen og Fagforbundet. Sjå omtale i kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet.

Barnevernets utviklingssenter på Vestlandet (BUS) har utvikla og evaluert eit fosterheimsopplæringsprogram basert på PMTO. Hovudfunnet er at PMTO-basert fosterheimsopplæring har størst verknad på åtferda til dei vanskelegaste barna. Bufdir arbeider vidare saman med BUS for å definere korleis og i kva slags samanheng dette programmet kan implementerast med sikte på å styrkje føresetnadene for gode fosterheimsplasseringar.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Resultatindikator

Barn og unge får omsorg, vern og meistrar liva sine og utviklar evnene sine vidare

Kunnskapsbaserte tiltak i barnevernet

Barnevernets legitimitet i befolkninga

Barn og unge får omsorg og vern, meistrar liva sine og utviklar evnene sine vidare

Gode og likeverdige tilbod, tilpassa behova til barn og unge, i barnevernet over heile landet

Bufetat skal arbeide for å sikre god omsorg og behandling for alle barn i barnevernet. Målet om likeverdige tilbod føreset at dei kunnskapsbaserte metodane som blir nytta og dei tenestene som blir gitte, skal vere tilgjengelege for barn og unge uavhengig av kvar dei bur i landet. Sjølv om det er eit mål i etaten at barn og unge i størst mogleg grad skal få behandling i heimen eller i ein fosterheim, er det i enkelte tilfelle best med behandling i institusjon. Tilboda i barnevernet skal vere tilpassa målgruppe og individuelle behov.

Bufdir vil i 2010 utvikle ein plan for det totale tenestetilbodet i det statlege barnevernet. I denne planen skal direktoratet kartleggje årsakene til skilnader i bruk av tiltak mellom ulike delar av landet. Kunnskapen skal brukast til å fastsetje mål som gir større likskap.

Bufetat skal sikre at institusjonane har høg kvalitet. Private institusjonar skal godkjennast etter forskrift om godkjenning, og skal saman med dei statlege institusjonane følgje forskrift om kvalitet. Etaten skal følgje opp kvalitetsutviklingsarbeidet knytt til målgrupper og metodar i barnevernsinstitusjonar. Rusproblem og -behandling skal få særskilt merksemd. Det er kommunane som har ansvaret for plassering og oppfølging av barna, medan Bufetat skal assistere kommunane i plasseringssaker utanfor heimen og formidle fosterheimar etter behov. Målsetjinga er meir bruk av fosterheim og hjelpetiltak av god kvalitet i heimen og mindre bruk av institusjonar i dei tilfella der dette er det beste for barnet.

Det er vanskar med å rekruttere nok fosterheimar og halde på dei fosterheimane ein har. Betre sosiale kår vil kunne føre til auka rekruttering og dermed auka bruk av beredskaps- og familieheimar som plasseringsalternativ til institusjon. Tilstrekkeleg gode beredskaps- og familieheimar er ein føresetnad for at fleire barn og unge skal få eit slik tiltak framfor eit tiltak i institusjon. Dei nye standardkontraktane for statlige beredskaps- og familieheimar skal sikre betre sosiale rettar for dei som tek på seg eit slikt oppdrag.

Tiltak baserte på kunnskap og brukarmedverknad i barnevernet

Det er eit mål at det faglege arbeidet i barnevernet i størst mogleg grad skal vere tufta på empiri. Satsinga på praksisrelatert forsking, forskingsbaserte tiltak, spreiing av kunnskap og at etaten tek omsyn til og bruker ny forsking, skal derfor vere berebjelken i det kunnskapsbaserte barnevernet. Sjå omtale i kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet. Aktuelle forskingsområde er behova til barna i barnevernet og korleis det går med barna når det gjeld utdanning, læring og arbeid. Det ligg føre ein ny, revidert FoU-strategi for perioden 2009–2012. Det trengst òg meir kunnskap om korleis tiltaka i barnevernet verkar, både på fosterheimsfeltet, og om hjelpetiltaka. Det må vidare leggjast vekt på utvikling av verktøy for analyse av behov. Frå 2010 vil ansvaret for dei tre regionale utviklingsentra i barnevernet bli lagt til direktoratet. For ein nærmare omtale av FoU-strategien, sjå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet under delmålet God kapasitet og høg kompetanse i barnevernet og i adopsjonssaker, og under Resultatrapport 2008/2009 i det same kapittelet.

Satsinga på brukarmedverknad skal halde fram. Målet er at brukarane skal ha høve til å påverke val av teneste og innhaldet i dei tenestene dei får tilbod om. Dei statlege tiltaka må derfor spegle brukaranes behov. I 2010 skal erfaringane med brukarmedverknad systematiserast for å utvikle gode verktøy og metodar.

Effektiv utnytting og drift av tiltaka i barnevernet

Høg kvalitet i drifta av tiltaksapparatet føreset god ressursstyring både innanfor økonomi og personale. Omstillinga for å redusere utgiftsveksten i etaten skal ha høg prioritet, og det er eit krav til etaten om ei meir effektiv utnytting av ressursane.

Dei økonomiske rammene for det statlege barnevernet har blitt auka kvart år sidan etaten vart oppretta, og det har årleg vore gitt tilleggsløyvingar ut over dekning av klientvekst. Det har likevel vore utgiftsvekst i ulike tiltak utover føresetnadene. Tiltak som reduserer veksten i utgiftene, skal førast vidare. Dette føreset at etaten held frem arbeidet for å sikre at ein driv effektivt og at utgiftsveksten blir redusert. I 2008 var det ein auke i talet på akuttplasseringar. For å redusere talet på akuttplasseringar blir det arbeidd med å betre samhandlinga mellom kommunane som fattar akuttvedtaka, fylkesnemndene og fagteama.

Det skal vere høg kapasitetsutnytting og effektiv ressursbruk i institusjonane. For å sikre likebehandling, tenester med god kvalitet og effektiv ressursbruk skal kjøp av private plassar skje i samsvar med lov om offentlege anskaffingar. Ideelle organisasjonar skal prioriterast framfor kommersielle ved tilbod om kjøp av plassar av same kvalitet, dersom dei er konkurransedyktige på pris.

Høg legitimitet for barnevernet hos samarbeidspartnarar og i befolkninga generelt

Solid kompetanse og god fagleg kvalitet på tenestene er eit godt grunnlag for å gi barnevernet høg legitimitet. Arbeidet med oppfølging av kommunikasjonsstrategien held fram i 2010. Målet er at terskelen for å kontakte barnevernet skal bli lågare, og at fleire barn og familiar får hjelp så tidleg som mogleg.

Rettstryggleik for barn som mottek tilbod av barnevernet, er òg ein viktig faktor i omdømmet til barnevernet. Gode rutinar som skal førebyggje overgrep, opplæring av tilsette og informasjon til brukarar og pårørande om dei rettane dei har i barnevernet, gir auka legitimitet i samfunnet. Rettstryggleiken er spesielt viktig for ungdom med store åtferdsproblem, der tvang i periodar kan vere nødvendig. Lik tolking av regelverk i etaten er ein føresetnad for at rettstryggleiken er sikra.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Posten omfattar mellom anna lønnsutgifter, utgifter til leige og drift av lokale, utgifter til opplæring, og andre utgifter til varer og tenester i det statlege, regionale barnevernet. Posten dekkjer òg driftsutgifter ved statlege barnevernsinstitusjonar og drift av andre statlege barnevernstiltak.

Det blir føreslått løyvt 3 114,2 mill. kroner på posten i 2010. Det er ein nominell auke på 262,9 mill. kroner frå saldert budsjett 2009. Auken kjem mellom anna av at det er lagt inn midlar til vidareføring av klientveksten i 2009 og ytterligare vekst i 2010.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingstiltak og opplæring for å styrkje kvaliteten og effektiviteten i barnevernet. Dette gjeld mellom anna etablering og utprøving av nye metodar i barnevernet, og studiar av effektar av ulike behandlingsopplegg.

Posten er auka med 9,6 mill. kroner som er overført frå kap. 854, post 71, for å samle løyvingane til implementering av metodar ved Atferdssenteret på éin post, slik at det samla sett er sett av 31 mill. kroner til metodeutvikling ved Atferdssenteret.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak. Kjøp av plassar er underlagt forskrift for offentlege anskaffingar. Løyvinga på posten blir føreslått ført vidare nominelt. Prisomrekninga er føreslått overført til kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet, post 01.

Post 45 Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Posten dekkjer større utstyrskjøp, mellom anna bilar til barnevernsinstitusjonar.

Post 60 Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjonar av utgifter som overstig satsen for kommunale eigendelar til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak. Løyvingsforslaget på posten er reelt uendra frå 2009.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Diverse inntekter

27 299

40 570

25 868

02

Barnetrygd

3 467

3 267

3 372

03

Refusjon for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

81 383

70 795

73 060

15

Refusjon av arbeidstiltak

226

16

Refusjon av foreldrepengar

29 374

17

Refusjon lærlingar

102

18

Refusjon av sykepengar

70 185

60

Kommunale eigendelar

762 598

882 990

896 746

Sum kap. 3855

974 634

997 622

999 046

Post 01 Diverse inntekter

Dei budsjetterte inntektene på posten gjeld ulike prosjekt og tiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år til år. Posten er føreslått redusert med 16 mill. kroner i 2010 som følgje av ein reduksjon i talet på barn og unge i institusjon.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter motsvarande refusjonane blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Post 03 Refusjon for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

På posten blir det rekneskapsført refusjonar for einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar for kostnader utover den kommunale eigendel knytt til bruk av eigne plassar eller kjøp av plassar. Utgifter motsvarande refusjonane blir rekneskapsførte på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjonar, fosterheimar eller ved tiltak i heimen. Det blir føreslått å auke kommunanes eigendelar for barn under behandling av statleg barnevern frå inntil 32 324 kroner til inntil 33 358 kroner per barn per månad for tiltak i institusjon. For andre tiltak blir eigendelen på inntil 26 068 kroner per barn per månad.

Det er føreslått ein reduksjon på 14,5 mill. kroner på posten som følgje av den samla effekten av klientvekst i 2010 og vidareføring av tilleggsløyvingar i St. prp. nr. 59 (2007-2008).

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

182 825

378 930

580 500

21

Spesielle driftsutgifter

1 789

5 220

Sum kap. 856

184 614

384 150

580 500

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Gode omsorgstilbod til einslege, mindreårige asylsøkjarar

Drift av omsorgsinstitusjon for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år i mottaksfasen til barnevernet

Sidan barnevernet overtok ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, har det kome langt fleire enn prognosane tilsa. Ved utgangen av 2008 var det 157 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år under barnevernets omsorg. Av desse var 61 i omsorgssenter, medan 96 var plassert i private tiltak. I juni i 2009 var det 212 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år under barnevernets omsorg. Av desse var 87 i omsorgssenter, medan 125 var plassert i private tiltak. Grunna den auka tilstrøyminga har det vorte nødvendig å opprette nye omsorgssenter. I tillegg til Eidsvoll og Skiptvet omsorgssenter vart det i 2008 og 2009 opna avdelingar på Ringerike, i Alstadhaug, på Gjøvik og i Grue. Fylkesmannen i dei fylka der det er plasserte einslege, mindreårige asylsøkjarar har fått oppgåva med å føre tilsyn med einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år. Fylkesmannen vil òg vere klagestyresmakt på einskildvedtak fatta overfor denne gruppa.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Gode og effektive omsorgstilbod til einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år

Gode og effektive omsorgstilbod til einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har ansvaret for å gi eit bu- og omsorgstilbod som tek vare på dei særskilde behova til einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Barnevernets ansvar for dei einslege, mindreårige asylsøkjarane under 15 år er nedfelt i barnevernslova, og endringane i lova vart sette i kraft 1. juli 2008.

For å sikre gode omsorgstilbod til denne gruppa er det viktig at tilsette i omsorgssentra og etaten generelt har god kunnskap og kompetanse om situasjonen deira og gruppa si særskilde behov for omsorg og behandling. Vidare må det sikrast at omsorgs- og behandlingstiltaka som blir gitt av private, er likeverdige tilbodet i dei statlege omsorgssentra.

Det har kome langt fleire einslege, mindreårige asylsøkjarar enn venta da ein sette i verk reforma. Det er venta at Bufetat i 2010 vil ha ansvaret for gjennomsnittleg 320 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Det kjem fleire einslege, mindreårige gutar enn jenter. Om lag 85 prosent er gutar. Det er derfor særlege utfordringar knytte til kjønn og butilbodet. Bufetat må ta omsyn til dette ved planlegging av bygg og butilbod.

I tillegg til at det skal opnast eitt nytt omsorgssenter, vil det vere nødvendig å kjøpe plasser av private ideelle og kommersielle tiltak. Bufdir utarbeider no kriterium for godkjenning av private omsorgssenter, og hausten 2009 vil det bli gjennomført ein konkurranse for kjøp av private plassar til denne gruppa.

Bufetat har utarbeidd rutinar for busetjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år i samarbeid med Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Det er eit mål at busetjinga skal skje innan tre månader etter opphaldsløyve. For å oppnå dette har Bufetat, i samarbeid med IMDi, gitt informasjon om einslege, mindreårige asylsøkjarar til kommunane. Det er den enkelte kommune som buset og avgjer kva slags butilbod den einskilde treng. Det høge talet på einslege, mindreårige som kjem til landet, gjer det krevjande å busetje alle raskt, noko som kan føre til ei opphoping av einslege mindreårige i omsorgssentra og i dei private tiltaka.

Regjeringa har vedteke at overføringa av omsorgsansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar over 15 år til barnevernet blir utsett til etter 2010. Årsaka er den sterke auken einslege, mindreårige asylsøkjarar. Denne auken gjer at det no ikkje er praktisk gjennomførbart med ei ytterlegare utviding av reforma.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til drift av omsorgssentra for barn og til kjøp av plassar i private tiltak, til investeringar i nye omsorgssenter og til arbeidet med busetjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Som følgje av at det er venta ei auke på 120 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år under barnevernet si omsorg i 2010, er posten føreslått auka med 219,6 mill. kroner. Det er òg føreslått i føre vidare tileggsløyvinga frå revidert budsjett 2009 på 2,8 mill. kroner til administrativt tilsette i Bufetat.

Det er òg føreslått ein auke på 2,8 mill. kroner på Fornyings- og administrasjonsdepartementets kap. 1510 Fylkesmannsembetene, post 01 Driftsutgifter til Fylkesmannens tilsyn med einslege, mindreårige asylsøkjarar. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2009-2010) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Over denne posten har det tidlegare vore budsjettert med midlar for å førebu overtakinga av ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år. I og med at regjeringa har vedteke at denne reforma skal utsetjast til etter 2010, fell behovet for løyvinga bort.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

135 200

254 000

424 928

Sum kap. 3856

135 200

254 000

424 928

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECD/DACs (Development Assistance Centre) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Det blir føreslått at 424,9 mill. kroner av utgiftene på kap. 856 post 01 blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningetiltak i Norge godkjent som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter, på Utanriksdepartementet sitt budsjett. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på denne posten.

Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

21

Spesielle driftsutgifter

2 243

2 217

2 288

50

Forsking, kan nyttast under post 71

6 406

6 688

6 902

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

89 627

95 539

97 596

71

Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 50

10 699

10 696

11 038

73

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

46 913

65 463

47 078

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

31 214

30 715

33 698

Sum kap. 857

187 102

211 318

198 600

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Heilskapleg og samordna barne- og ungdomspolitikk

Bidra til samordning av politikken til departementa på barne- og ungdomsområdet og til samarbeid mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig sektor

Samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og ungdom vart ført vidare gjennom ulike politiske forum og samarbeidsgrupper. Publikasjonen Satsing på barn og ungdom, som gir oversikt over mål og innsatsområde i statsbudsjettet, vart ført vidare.

I 2008 vart Skien kåra til Årets barne- og ungdomskommune. Kåringa skjedde på Barne- og ungdomskonferansen 2008, ein årleg konferanse for tilsette i kommunar, ungdom og politikarar frå heile landet. I tillegg til denne faste konferansen har det vore dialog med kommunane gjennom andre konferansar, samlingar og møte.

BLD har gjennom 2008 stimulert til auka dialog og samspel mellom styresmaktene og frivillig sektor. Det har vore systematisk kontakt med frivillige organisasjonar og grupper, mellom anna gjennom møte og konferansar. Det har òg vore god kontakt med forskingsmiljø omkring frivillig arbeid og ungdomsdeltaking. Departementet har òg oppfordra kommunar som departementet er i kontakt med gjennom mellom anna tilskotsordningar, til å styrkje samspelet med barn, ungdom, foreldre og frivillig sektor.

I januar 2008 skipa BLD ei ekspertgruppe som fekk i oppdrag å greie ut ungdoms høve til eit positivt fritidsmiljø og deltaking og innverknad lokalt. Det vart òg oppnemnt ei referansegruppe for arbeidet. Utgreiinga vart overlevert i mars 2009, og sendt ut på offentleg høyring.

Overvaking av barns rettar etter FNs konvensjon om barnerettane

Regjeringa har vedteke ei styrking av barns rettar gjennom ei betre overvaking av gjennomføringa av FNs konvensjon om barnerettane. BLD har ansvaret for å samordne dette arbeidet. I 2008 vart det sett i gang ei utgreiing for å vurdere om norsk lov dekkjer krava i barnekonvensjonen. Utgreiinga blir stilt ferdig i 2009. For å styrkje barn og unge sine moglegheiter til medverknad på statleg nivå vart det oppretta eit dialogforum mellom barne- og likestillingsministeren og ungdomsrepresentantar. For å sikre ei systematisk oppfølging av tilrådingane frå FNs barnekomité har BLD oppretta eit kontaktforum for aktuelle departement.

Stimulere til forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling

Samarbeidet med Noregs forskingsråd om forsking om barn og ungdom vart ført vidare gjennom støtte til Program for velferdsforsking. Det vart òg gitt tilskot til ulike forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar. Samarbeidet med Statistisk sentralbyrå (SSB) om utarbeiding av aktuell statistikk om barn og ungdom, som mellom anna kommunar og fylke kan nytte i sitt planarbeid, vart ført vidare. Det vart òg gitt tilskot til utarbeiding av eksempelsamlingar, konferansar og anna kompetansebygging om barn og ungdom.

Motverke marginalisering og bidra til utjamning av skilnader i levekår

Støtte arbeid som kan betre oppvekst- og levekår for utsett ungdom i større bysamfunn

BLD forvaltar tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, som i 2008 omfatta 23 bykommunar. Ordninga var på om lag 50 mill. kroner i 2008, og er todelt: ei satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak) og ei særskild satsing retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem (fattigdomstiltak).

Midlane til ungdomstiltak er nytta til tiltak og prosjekt retta mot ungdom i alderen 12 til 25 år med spesielle behov, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Dei fire største byane og sju prioriterte bydelar i Oslo disponerer sjølve ei ramme til ungdomstiltak. Dei 19 andre bykommunane søkjer departementet om midlar. Om lag 83 prosent av midlane vart fordelte mellom dei fire store byane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Oslo vart samla tildelt om lag 50 prosent av midlane. Om lag 17 prosent vart fordelte til dei resterande bykommunane etter søknad. Det vart i 2008 gitt tilskot til 96 ungdomstiltak i 17 av dei 23 bykommunane.

Om lag fem prosent av løyvinga vart forvalta av departementet og nytta til strakstiltak og utviklingsarbeid. Departementet har hatt eitt kontaktmøte med bykommunane som er omfatta av ordninga. Departementet har òg teke del i arbeidet med Groruddalssatsinga.

Innsats mot fattigdom blant barn, unge og familiar i større bysamfunn

Den særskilde satsinga retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem, gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, vart ført vidare i 2008. 31,5 mill. kroner vart fordelte på 174 tiltak i 21 av bykommunane som er omfatta av ordninga. Det vart gitt støtte til ferie- og fritidstiltak og til tiltak som kan bidra til tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning, samt støtte til meir langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem. Ein må sjå innsatsen i samanheng med arbeidet retta mot fattigdom i barnevernet (sjå omtale i kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet). BLD sitt arbeid mot fattigdom inngår i regjeringas Handlingsplan mot fattigdom.

Inkludering og jamgode moglegheiter for alle barn og unge

I 2008 førte BLD vidare satsinga Unge utanfor, som er retta mot ungdom som fell utanfor opplæring og arbeidsliv. Som del av satsinga har åtte kommunar/bydelar sett i gang eit utviklingsarbeid for å utvikle og systematisere arbeidsmåtar og samarbeidsformer retta mot målgruppa. Departementet har òg sett i gang utgreiingar og forsking for å utvikle meir kunnskap om ungdom i målgruppa, og metodar for å fange opp ungdom som treng ekstra oppfølging.

Barn og ungdom med etnisk minoritetsbakgrunn er ei prioritert målgruppe i departementet sitt arbeid for å betre oppvekst- og levekår. Det er gitt støtte til ei rekkje aktivitetar og tiltak retta mot barn og unge med etnisk minoritetsbakgrunn, mellom anna gjennom tilskotsordningane Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Mangfold og inkludering. Departementet delte for fjerde gang ut ein pris som skal gå til ein vaksen med etnisk minoritetsbakgrunn som gjer særs mykje for barn og ungdom. BLD samarbeider tett med andre departement på dette feltet, mellom anna som oppfølging av regjeringas Handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrerbefolkningen.

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) har på oppdrag frå BLD utarbeidd ein kunnskapsstatus om religiøs sekterisme. Rapporten tyder på at hjelpetilbodet til menneske som bryt med religiøse grupper, ikkje er tilstrekkeleg. Eit av forslaga i rapporten går ut på å auke kompetansen om religiøse miljø og avhopparproblematikk i det ordinære hjelpeapparatet. I samarbeid med andre departement og direktorat har BLD planlagt ulike tiltak for 2009.

Departementet samarbeider med Sametinget for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane for å styrkje samisk identitet og tilknyting til lokalsamfunnet.

Arbeid for å betre situasjonen for barn og unge med nedsett funksjonsevne er gjort gjennom driftstilskot og jamlege kontaktmøte med samanslutninga Unge funksjonshemmede, tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, og gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Eit forskingsprosjekt om fritidsbruk og sosial deltaking blant unge med nedsett funksjonsevne vart avslutta i 2008. Rapporten viser mellom anna at tilhøve som hemmar deltaking, er manglande tilrettelegging av miljø (til dømes transport), fordomsfulle haldningar og manglande kunnskap om konsekvensar av nedsette funksjonsevner.

Målet om likeverd og like høve for jenter og gutar vart følgt opp gjennom ulike tilskotsordningar, mellom anna Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og gjennom kontakt med organisasjonar og ungdomsmiljø.

Innsats mot vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme, homofobi og diskriminering

Handlingsplanen Saman mot barne- og ungdomskriminalitet (2005-2008) omfatta 21 innsatsområde og tiltak i regi av ulike departement og vart avslutta i 2008. BLD har teke del i eit tverrdepartementalt samarbeid om handlingsplanen og anna arbeid retta mot barne- og ungdomskriminalitet (sjå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet).

Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn er det gitt stønad til prosjekt, ungdomsgrupper og organisasjonar som arbeider for å motverke vald, kriminalitet, rus, rasisme og diskriminering blant ungdom. Det er gitt stønad til fleire strakstiltak for å løyse akutte problem i ungdomsmiljøa, mellom anna prosjekt retta mot belasta kriminelle unge og kriminelle ungdomsgrupper. Med bakgrunn i hendingane i Oslo etter demonstrasjonane mot krigføringa på Gaza-stripa, fekk Oslo kommune ekstra midlar til å følgje opp ungdommane som var involverte i opptøyane. BLD heldt to dialogmøte med ungdom med jødisk og muslimsk bakgrunn. Ungdommane kom med ei rekkje forslag til korleis skoler kan arbeide med tema mobbing og trakassering. BLD har òg støtta forskings- og utviklingsarbeid, mellom anna eit forprosjekt for å evaluere metodane og arbeidet til Ungdom mot vald, samt forsking om vald og jenter. BLD gav i 2008 ut ei eksempelsamling om ungdom, gjengdanningar og kriminalitet som blei sendt til alle landets kommunar.

BLD tok del i arbeidet med Manifest mot mobbing (2006-2008) og har eit særskilt ansvar for innsatsen mot mobbing i fritidsmiljøa. Temaet digital mobbing vart sett på dagsorden gjennom Medietilsynets arbeid knytt til barn og unges mediebruk gjennom Trygg bruk-prosjektet. I samarbeid med Utdanningsdirektoratet har BLD støtta utvikling av eit diskusjonsopplegg og ein DVD med tips mot mobbing til bruk i skole og fritidsmiljø som er sendt ut til fritidsklubbar og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Departementet har i 2008 delteke i arbeidet med eit nytt manifest som vil gjelde i perioden 2009-2010.

Det vart gitt støtte til fleirkulturelle aktivitetar i regi av organisasjonar og grupper, mellom anna gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. BLD oppretta i 2008 ei ny tilskotsordning, Mangfold og inkludering, der barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø kan søkje om tilskot til aktivitetar med fokus på mangfald, haldningar og deltaking. Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) forvaltar ordninga. I 2008 fekk 50 ulike prosjekt støtte gjennom denne ordninga. Søkjarmassen er variert både når det gjeld type prosjekt og kva organisasjonar som søkjer.

Engasjerte og samfunnsaktive barn og unge

Barn og unge deltek og engasjerer seg aktivt i frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar

BLD støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Støtteordningane for nasjonalt og internasjonalt arbeid er regulert i Forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar av 29. november 2007. Midlane blir fordelte av eit fordelingsutval med sekretariat i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Fordelingsutvalet behandla 75 søknader om nasjonal grunnstøtte i 2008, og 71 av organisasjonane mottok tilskot. 34 søknader om internasjonal grunnstøtte vart behandla, og 31 av organisasjonane mottok tilskot.

I tillegg vart det gitt driftstilskot til LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede. BLD har gjennomført faste kontaktmøte med desse tre samanslutningane. Departementet har òg arrangert ein årleg kontaktkonferanse med frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og ungdomsgrupper. Tema for konferansen i 2008 var mellom anna det mangfaldige Noreg.

Med bakgrunn i utgreiinga NOU 2006:13 Fritid med mening, og den påfølgjande høyringsrunden, utarbeidde BLD i 2007 eit nytt regelverk for støtte til barne- og ungdomsorganisasjonane. Regelverket vart gjort gjeldande frå og med tilskotsåret 2008.

Brei deltaking og innverknad frå barn og unge i offentlege plan- og beslutningsprosessar

Departementet har i 2008 halde fram med å stimulere kommunane til å auke barn og unges deltaking i og innverknad på samfunnet. BLD har sett i gang eit forskingsprosjekt for å kartleggje innverknadsorgan for barn og ungdom i alle kommunar og fylkeskommunar i landet. Departementet ønskjer ny kunnskap om kor mange kommunar som har innverknadsorgan for barn og ungdom, men òg kva typar organ og korleis desse arbeider. Forskingsprosjektet blir avslutta i 2009.

Bidra til å ta i vare barn og unges rettar og interesser på informasjons- og medieområdet

BLD har ført vidare støtta til nettportalen ung.no, som blir drive av Bufdir. Nettportalen har som målsetjing å vere ein samla informasjonskanal frå departementa til ungdom. Nettportalen hadde om lag 1,7 mill. unike brukarar i 2008.

Departementet tok del i arbeidet i den tverrdepartementale kontaktgruppa for å fremme interesser og behov barn og ungdom har i utviklinga av informasjonssamfunnet. BLD tok òg del, saman med aktuelle departement, i oppfølginga av EU-programmet Sikrare Internett Pluss.

I 2008 vart midlane til tiltaksplanen Barn, unge og Internett i hovudsak nytta til utvikling av informasjonsmateriell til barn og familiar. Tiltaksplanen er ein del av Trygg bruk-prosjektet. Tiltaksplanen og prosjektet vart koordinerte av Medietilsynet. Medietilsynet har utvikla nettsider til nytte for barn, foreldre og skolen (tryggbruk.no). Gjennom prosjektet er det bygt opp eit nettverk der departement, statlege etatar, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar, bransjeorganisasjonar og føretak arbeider saman om trygg bruk av teknologi for barn og ungdom.

BLD gav i 2008 tilskot til organisasjonen BarneVakten. Tilskotet skal nyttast til organisasjonens informasjonsarbeid om media og ny teknologi gjennom foreldremøte i skole og barnehage.

Internasjonalt samarbeid på det barne- og ungdomspolitiske området

Vidareutvikle samarbeidet i Norden og Austersjøregionen

Departementet deltek aktivt i det nordiske samarbeidet på barne- og ungdomsområdet, mellom anna gjennom Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK). Styrande for arbeidet har vore iverksetjinga av NORDBUK sin handlingsplan for ein overgripande strategi for Ministerrådets arbeid for barn og unge. Komiteen har òg starta eit viktig samarbeid i 2008 med Danmarks radio om websider for barn og unge under tittelen Norden før og nu.

Departementet deltek i ei gruppe under Austersjørådet for å utvikle samarbeidet i regionen om ungdom. Medlemslanda i Austersjørådet finansierer i fellesskap eit sekretariat i Kiel som særleg driv med informasjon overfor organisasjonar og andre ungdomsgrupper. I 2008 blei avtalen om samarbeidet fornya for tre år og ein ny handlingsplan forhandla fram.

Departementet har underteikna ein ny tosidig avtale med Litauen om samarbeid på barne- og ungdomsområdet for åra 2008 til 2010.

Medverke til å gjennomføre regjeringas Nordområdestrategi

Gjennom deltaking i samarbeidet på ungdomsområdet i Barentsregionen har departementet medverka til iverksetjinga av regjeringa si Nordområdestrategi. Kontoret for informasjon og rettleiing i Murmansk, som blir finansiert av Finland, Sverige, Russland og Noreg i fellesskap, er eit viktig verkemiddel. Verksemda til kontoret vart evaluert i 2007. Evalueringa viste at aktørane som deltek i samarbeidet i regionen, er svært godt nøgde med arbeidet til kontoret. Under Finland sitt leiarskap av Barentsrådet vart det arrangert to seminar om idear og behov for lokale tiltak og aktivitetar i regionen. Russland tok i november 2007 over ansvaret i Barentsrådet si arbeidsgruppe for ungdomssaker. Avtalen om finansiering av kontoret for informasjons- og rettleiing som er etablert i Murmansk, er forlengt for perioden 2009 – 2010.

Gjennomføre ein aktiv europapolitikk

EØS-avtalen er eit godt grunnlag for deltaking i programma til EU og for å utvikle eit nærmare ungdomspolitisk samarbeid med Europakommisjonen og medlemslanda til EU. Frå 2007 har Noreg delteke i EU-programmet Aktiv Ungdom, sjå nærmare omtale under kap. 859 EUs ungdomsprogram. Aktiv Ungdom har følgjande hovudmålsetjingar:

  • å fremme medborgarskapen til unge menneske

  • å utvikle solidaritet og toleranse blant ungdom, gjennom å leggje vekt på og styrkje sosialt samhøyr i Europa

  • å fostre gjensidig forståing mellom ungdom frå ulike land

  • å bidra til å fremme kvaliteten i organiseringa av aktivitetar for ungdom og gjere sivile organisasjonar betre i arbeidet på ungdomsområda

  • å fremme europeisk samarbeid på ungdomsområda.

Den største delen av programbudsjettet er desentralisert, og avgjerd om tilskot blir gjort på nasjonalt plan. Bufdir er norsk kontor for programmet Aktiv Ungdom. Departementet arbeider i høve til Europakommisjonen om eit nærmare samarbeid om dei fire prioritetane i Kvitboka om ungdomspolitikk: ungdommen sin deltaking i samfunnet, informasjon andsynes ungdom, frivillig arbeid og betre kunnskap om ungdom.

Deltakinga i programma Sikrere Internett og DAPHNE, som skal hindre vald mot barn, ungdom og kvinner, er delfinansierte av dette budsjettkapitlet.

Når det gjeld dei finansielle ordningane til EFTA/EØS-landa og Noreg som skal støtte utviklinga i dei nye medlemslanda i EU, har departementet prioritert Litauen og Ungarn på barne- og ungdomsområda.

Europarådet, der 49 land har underteikna kulturkonvensjonen, er eit viktig forum for europeisk samarbeid på ungdomsområdet. Departementet prioriterer arbeidet i Europarådet. I Europarådet har departementet teke del i arbeidet til styringskomiteen for ungdomsspørsmål. Dei to europeiske ungdomssentra, i Strasbourg og Budapest, og det europeiske ungdomsfondet er dei viktigaste verkemidla til Europarådet på dei ungdomspolitiske områda. Ukraina var vertskap for Europarådets konferanse for statsrådar med ansvar for ungdomspolitikk 9.-11. oktober 2008. Konferansen vedtok ei erklæring med forslag om Europarådets prioriteringar fram mot 2020 innanfor ungdomspolitisk samarbeid. Ministerkomiteen til Europarådet følgde opp denne erklæringa med å vedta ein resolusjon med dei same målsetjingane for Europarådets politikk på ungdomsområdet.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Samordna barne- og ungdomspolitikk

Like moglegheiter for alle barn og ungdommar

Engasjerte og samfunnsaktive barn og ungdommar

Aktivt internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet

Samordna barne- og ungdomspolitikk

Godt samarbeid mellom ulike departement, mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig sektor

BLD vil arbeide for at samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og ungdom blir ført vidare. Dette vil mellom anna skje gjennom samarbeid om handlingsplanar, felles strategiar, forsøks- og utviklingsarbeid, informasjonsarbeid og konferansar. Samarbeidet mellom departementa om utgiving av publikasjonen Satsing på barn og ungdom, som gir oversikt over mål og innsatsområde i statsbudsjettet, vil bli ført vidare. Publikasjonen gir oppdatert oversikt over satsingsområde og budsjett for departementa og blir sendt ut til kommunar, frivillige organisasjonar og andre.

Som ledd i arbeidet med å stimulere til ein god politikk for barn og ungdom i kommunane utnemner BLD årleg ein barne- og ungdomskommune. Ein eigen jury står for utveljing blant kommunane som søkjer. Kåringa skjer på Barne- og ungdomskonferansen, ein årleg konferanse for tilsette i kommunar, ungdom og politikarar frå heile landet. I tillegg til denne faste konferansen vil dialogen med kommunane og fylkeskommunane bli ført vidare gjennom andre konferansar, samlingar og møte.

BLD vil òg i 2010 stimulere til dialog og samspel mellom styresmaktene og frivillig sektor. Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar har ei viktig rolle, både som arena for læring av demokrati og likebehandling og som tilbydar av verdifulle aktivitetstilbod for barn og unge. Det vil bli lagt opp til kontakt med ungdomsmiljøa gjennom systematisk kontakt med frivillige organisasjonar og grupper, mellom anna gjennom høyringar og møte. Det vil òg bli lagt vekt på kontakt med forskingsmiljø kring frivillig arbeid og ungdoms deltaking. Kommunane vil bli oppfordra til å styrkje samspelet med barn, ungdom, foreldre og frivillig sektor, mellom anna gjennom departementet si tilskotsordning retta mot barn og ungdom i større bysamfunn.

Departementet vil i 2010 følgje opp forslag frå ei ekspertgruppe som vart sett ned av BLD for å greie ut ungdommars høve til eit positivt fritidsmiljø og deltaking og innverknad lokalt. Forslaga dekkjer store delar av fritidsfeltet, og heile utgreiinga har vore ute på offentleg høyring.

Betre informasjon om og oppfølging av FNs konvensjon om barnerettane på alle forvaltningsnivå

Noreg leverte sin fjerde rapport til FNs barnekomité i februar 2008. Våren 2010 skal norske styresmakter eksaminerast av FNs barnekomité i Genève.

BLD har ansvaret for å fremme og koordinere arbeidet med ei betre overvaking av gjennomføringa av FNs konvensjon om barnerettane. For å styrkje barn og unges moglegheiter til medverknad på statleg nivå vil BLD mellom anna føre vidare eit dialogforum mellom barne- og likestillingsministeren og ungdomsrepresentantar. BLD har etablert eit kontaktforum for samarbeid mellom dei departementa som har eit fagansvar for barnekonvensjonen. Kontaktforumet vil halde fram i 2010 og vil arbeide systematisk med å følgje opp tilrådingane frå barnekomiteen i FN. BLD vil òg gjennomføre opplæringstiltak for tilsette i statleg sektor, og følgje opp ei kartlegging av opplæringstilbodet om barnekonvensjonen i aktuelle utdanningar som vart gjennomført i 2009. Departementet skal samle statistikk og utvikle indikatorar som kan nyttast i vurderinga av om barns rettar blir tekne vare på, og i tillegg arbeide med å utvikle oversikta over dei statlege løyvingane til barn i budsjettproposisjonen vidare.

Etter inkorporeringa i 2003 er barnekonvensjonen forpliktande for kommunane på linje med anna norsk lov. Det er eit mål at barnekonvensjonen blir eit aktivt verktøy for kommunane sitt arbeid med å fremme ein god barne- og ungdomspolitikk. Det vil bli sett i gang informasjonstiltak og utviklingsarbeid.

Målretta forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling

BLD ser det som viktig å stimulere til forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling som ledd i arbeidet med å sikre ein god politikk for barn og ungdom. Samarbeidet med Noregs forskingsråd om forsking om barn og ungdom innanfor forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (2009-2018) vil bli ført vidare. Departementet vil òg føre vidare samarbeidet med Kultur- og kyrkjedepartementet om Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, for å sikre forsking på barn og unges frivillige engasjement, mellom anna innanfor barne- og ungdomsorganisasjonane. Samarbeidet med Statistisk sentralbyrå (SSB) om statistikk om barn og ungdom vil òg bli ført vidare. Det vil bli gitt tilskot til forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar og til utarbeiding av eksempelsamlingar, til konferansar og anna kompetanseoppbygging om barn og ungdom.

Like moglegheiter for alle barn og ungdommar

Gode oppvekst- og levekår for ungdom i større bysamfunn

Ein stor del barn og unge veks opp i større byar og deira omlandskommunar. Sjølv om dei aller fleste klarer seg bra, er delen som blir råka av dårlege oppvekst- og levekår høgare i byane enn på landsbasis. Det er derfor behov for ei særskild satsing retta mot barn og unge i større byar.

I 2010 omfattar tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn 23 bykommunar og sju prioriterte bydelar i Oslo. Den spesielle satsinga i dei fire største byane, Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger blir ført vidare. Målet er å medverke til å betre oppvekst- og levekåra og jamne ut forskjellar i levekår i større bysamfunn. Målgruppa er barn og unge, og særleg ungdom i alderen 12-25 år med spesielle behov, og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Sjå nærmare omtale under Nærmare om budsjettforslaget, post 73.

Gjennom Groruddalssatsinga og Oslo sør-satsinga vil BLD bidra til styrking og betring av barn og ungdoms oppvekstvilkår i desse områda.

Reduserte konsekvensar av fattigdom blant barn, ungdom og familiar i større bysamfunn

Dei aller fleste barn og ungdommar i Noreg nyt godt av den økonomiske velstanden. Likevel veks nokre barn og unge opp i familiar der økonomien er eit hinder for deltaking på ulike sosiale arenaer. BLD vil bidra til at barn og unge i område med store levekårproblem kan delta på lik linje med andre, og vil motverke utstøyting, sosial isolasjon og reproduksjon av fattigdom.

Den særskilde satsinga retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem, gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, blir ført vidare. Sjå nærmare omtale under post 73. Ein må sjå dette arbeidet i samanheng med fattigdomstiltak retta mot familiar og barn gjennom barnevernet (jf. kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet). Arbeidet inngår i regjeringa sin Handlingsplan mot fattigdom.

I 2009 vart det sett i gang eit forskingsprosjekt for å evaluere tilskotsordninga. Resultata er venta våren 2010, og departementet vil vurdere den vidare oppfølginga.

Eit oppvekstmiljø fritt for vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering

Innsatsen for å motverke vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme og diskriminering i barne- og ungdomsmiljøa blir ført vidare. Handlingsplanen Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet (2005-2008) vart avslutta i 2008. Ein ny kriminalitetsførebyggjande handlingsplan blei lagt fram sommaren 2009. Departementet vil mellom anna styrkje det oppsøkjande ungdomsarbeidet gjennom å få utarbeidd modellar og strategiar for å fange opp utsett ungdom som ikkje sjølv ber om hjelp og oppfølging.

BLD vil støtte opp om fleirkulturelle barne- og ungdomsaktivitetar mellom anna gjennom tilskotsordninga Mangfold og inkludering, som er forvalta av Landsrådet for Norges ungdomsorganisasjoner. Barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø kan søkje om støtte til aktivitetar med vekt på mangfald, haldningar og deltaking.

BLD deltek som partnar i arbeidet med Manifest mot mobbing (2009-2010) og har eit særskilt ansvar for tiltak retta mot mobbing i organiserte fritidsmiljø. BLD vil, saman med samarbeidspartnarar i dei organiserte fritidsmiljøa, arbeide for at fritidsklubbar og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar skal stå fram som opne og inkluderande møteplassar. BLD vil òg arbeide særskilt med mobbing og trakassering via digitale medium, og mobbing relatert til kjønn.

Eit inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper barn og ungdom

For nokre barn er kvardagen prega av dårlege levekår, utestenging og problem som gjer at dei ikkje har like gode vilkår som fleirtalet. I arbeidet med å sikre alle barn og unge likeverdige vilkår er det behov for ein særskild innsats retta mot einskilde grupper barn og unge.

BLD vil føre vidare den særskilde satsinga retta mot ungdom i alderen 15-25 år som står utanfor opplæring og arbeidsliv (Unge utanfor). Arbeidet starta i 2007. Som eit ledd i satsinga har åtte kommunar/bydelar sett i gang eit utviklingsarbeid der målsetjinga er å utvikle og systematisere arbeidsmåtar og samarbeidsformer som gjer at ungdom kjem i opplæring eller arbeid. Det er vidare sett i gang utgreiingar og forsking for å utvikle meir kunnskap om ungdom i målgruppa, og kunnskap om kva som må til for at desse ungdommane skal få den oppfølginga dei treng. Arbeidet må sjåast i samanheng med det utviklingsarbeidet som blir gjennomført overfor tilsvarande målgruppe på barnevernsområdet (sjå omtale under kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet), og anna arbeid i regi av andre departement og direktorat. Erfaringar og kunnskap frå arbeidet vil bli spreidd gjennom konferansar og eigne publikasjonar.

Barn og ungdom med etnisk minoritetsbakgrunn er ei prioritert målgruppe i arbeidet til departementet med å sikre gode oppvekst- og levekår. Verkemidla ligg særleg innanfor tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, innanfor barnevernet (sjå omtale under kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet) og gjennom tildelingar til forsking og utviklingsarbeid. Departementet vil òg i 2010, for sjette gang, dele ut ein pris til ein vaksen med etnisk minoritetsbakgrunn som gjer ein særleg innsats for barn og ungdom. BLD vil føre vidare samarbeidet med andre departement på dette feltet, mellom anna som oppfølging av regjeringas Handlingsplan for inkludering av innvandrerbefolkningen.

BLD vil i 2010 følgje opp ein rapport om religiøse grupper og brotprosessar, utarbeidd av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS). Departementet tek sikte på at NKVTS får i oppgåve å tilby kompetansetiltak og rådgiving om religiøse miljø og avhopparproblematikk til tilsette i det ordinære hjelpeapparatet. Eitt av regionsentra får eit slikt ansvar i første omgang. Etter ei evaluering av arbeidet skal ein vurdere korleis arbeidet skal bli ført vidare.

Samiske barn og unge blir framleis møtte med fordommar og manglande kunnskap om den samiske kulturen. Departementet vil føre vidare samarbeidet med Sametinget for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane for å styrkje samisk identitet og tilhøyrsle, og sikre at rettane til barn og unge blir innarbeide i kommunale planar.

BLD vil òg i 2010 bidra til å styrkje integrering og deltaking blant unge med nedsett funksjonsevne gjennom driftstilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Departementet vil òg vurdere oppfølging av ein forskningsrapport om sosial deltaking og fritidsbruk blant unge med nedsett funksjonsevne.

Målet om likeverd og like moglegheiter for jenter og gutar blir følgt opp mellom anna gjennom ulike tilskotsordningar og gjennom kontakt og dialog med ungdomsmiljøa. Til dømes er likeverd og like høve for jenter og gutar eit kriterium det blir lagt vekt på i tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.

Engasjerte og samfunnsaktive barn og ungdommar

Brei deltaking frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken. BLD støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane. Støtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unges deltaking og engasjement. Målet er eit levande og mangfaldig organisasjonsliv for og med barn og unge.

BLD vil føre vidare tilskotsordninga retta mot barne- og ungdomsorganisasjonanes sentralledd. Denne omfattar både grunnstøtte til nasjonalt og internasjonalt arbeid og etablerings- og uttrappingstilskot, jf. forskrifta om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Mellom anna med bakgrunn i ei klagesak frå 2009 har departementet presisert den delen av forskrifta som omhandlar forskjellsbehandling. Endringane vart sende ut på offentleg høyring sommaren 2009.

Kontakten og dialogen med frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar vil halde fram gjennom jamlege kontaktmøte og den årlege kontaktkonferansen mellom departementet og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og ungdomsgrupper.

Barn og ungdom har innverknad på utviklinga av samfunnet

Det er behov for å ha kontinuerleg merksemd på den retten barn og ungdom av begge kjønn har til deltaking og innverknad i kvardagslivet og på samfunnsutviklinga. Eit overordna mål for departementet er å stimulere til at stadig fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og unge, slik at dette blir ein viktig og innarbeidd del av kommunanes verksemd. BLD vil bidra til utveksling av idear og røynsle, mellom anna gjennom kåring av Årets barne- og ungdomskommune og ved at temaet blir diskutert på konferansar og samlingar. Det vil òg bli lagt vekt på arbeidet med barn og ungdoms deltaking på statleg nivå.

Departementet vil i 2010 følgje opp eit forskingsprosjekt gjennomført av Norsk institutt for by- og regionforskning. Resultata frå prosjektet vil vere med og leggje grunnlaget for vidare arbeid med styrking av barn og ungdoms deltaking og innverknad i kommunane. Eitt av måla for prosjektet har vore å sjå nærmare på kva som hindrar og kva som fremmer deltaking og innverknad frå barn og ungdom.

Departementet har òg til vurdering ei utgreiing frå ei ekspertgruppe som har kome med forslag innanfor feltet deltaking og innverknad. Gruppa føreslår mellom anna ei formalisering av ungdomsråd gjennom nasjonale retningslinjer, og ei lovfesting av at alle kommunar skal utvikle eit demokratiprogram for ungdom. Forslaga har vore ute på offentleg høyring, og departementet vil vurdere vidare oppfølging.

Medie- og informasjonskanalar tek omsyn til barn og ungdoms særskilde rettar og behov

For styresmaktene er det viktig å leggje til rette for samla og lett tilgjengeleg informasjon til barn og unge. BLD vil føre vidare støtta til nettportalen ung.no. Nettportalane har som målsetting å vere ein samla informasjonskanal frå departementa til ungdom. Ung.no dekkjer eit bredt spekter av tema og når fram til mange brukarar. Arbeidet vil bli sett i samanheng med den vidare utviklinga av arbeid med informasjon til barn og unge.

Departementet tek del i den tverrdepartementale kontaktgruppa for å fremme barn og ungdom sine interesser og behov i utviklinga av informasjonssamfunnet, og BLD vil, saman med andre aktuelle departement, føre vidare arbeidet med oppfølginga av EU-programmet Sikrere Internett 2009-2013.

I tiltaksplanen Barn, unge og Internett blir haldningar til og bruk av Internett jamleg kartlagde for barn og foreldre. Tiltaksplanen er ein del av Trygg bruk-prosjektet, som blir koordinert av Medietilsynet. Prosjektet sine nettsider (tryggbruk.no) er utvikla til nytte for barn, foreldre og skolen.

Aktivt internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet

Målsetjinga med det internasjonale samarbeidet er mellom anna å leggje til rette for utveksling av røynsler innanfor barne- og ungdomspolitikken, betre kunnskapen om og forståinga av forholda i andre land, betre levekåra for barn og ungdom og bidra til utviklinga av demokratiet.

Fremme samarbeidet i Norden og austersjøområdet

BLD vil delta aktivt i det nordiske samarbeidet på barne- og ungdomsområdet. Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) er viktig for Nordisk Ministerråds samordning av innsatsen retta mot barn og unge i dei nordiske landa og sjølvstyrte områda. BLD representerer Noreg i denne komiteen.

Departementet deltek i ei arbeidsgruppe under Austersjørådet. Formålet med denne gruppa er å sikre informasjon om og utveksling av kunnskap om og for ungdom i regionen. Arbeidet vil bli ført vidare mellom anna gjennom felles sekretariat i Kiel. Noreg tek over formannskapen i Austersjørådet 1. juli 2010. Departementet vil overta formannskapen i arbeidsgruppa for ungdomspolitikk frå same dato.

Departementet vil følgje opp den tosidige avtalen med Litauen på barne- og ungdomsområdet som gjeld fram til 31. desember 2010.

Betre samarbeidet i nordområda

Departementet vil framleis prioritere det ungdomspolitiske samarbeidet i Barentsregionen innanfor Nordområdestrategien til regjeringa. Samarbeidet med Russland, Finland og Sverige i Barentsrådet si arbeidsgruppe for ungdomspoliske spørsmål skal førast vidare. Kontoret for informasjon og rettleiing, som er lagt til Murmansk, er ein viktig reiskap i denne samanhangen. Departementet vil følgje opp vedtaka frå konferansen for statsrådar med ansvar for ungdomspolitikk, som vart halden i Murmansk i september 2009.

Ein aktiv europapolitikk på barne- og ungdomsområdet

EUs ungdomsprogram, Aktiv Ungdom, gjeld for perioden 2007-2013. Programmet er innlemma i EØS-avtalen. Programmet gir ungdom i Noreg moglegheit til auka deltaking i internasjonalt samarbeid. BLD deltek i Programkomiteen, som på nokre område fattar vedtak og på andre områder gir råd til Europakommisjonen om gjennomføringa av programmet. Bufdir er nasjonalt kontor for gjennomføringa av dei desentraliserte delane av programmet (sjå nærmare omtale under Resultatrapport 2008/2009 og i kap. 859 EUs ungdomsprogram). Departementet har ansvaret for kontroll med at det nasjonale kontoret gjennomfører programmet etter dei retningslinjene som er fastsette av Europakommisjonen. Departementet vil etablere nye kontrollrutinar for programmet.

Europakommisjonen la i april 2009 fram ein ny ungdomsstrategi for dei komande ni åra. Det er lagt vekt på at ungdomspolitikken i EU og medlemslanda skal vere kunnskapsbasert. Gjennomføringa av forslaget skal byggje på den opne samordningsmetoden. Noreg vil, innanfor ramma av EØS-avtalen, bidra til oppfølging av strategien til Europakommisjonen.

Europarådet har eit nært samarbeid med dei nasjonale ungdomsråda og internasjonale barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom eit samstyre mellom departementa og frivillig sektor. BLD deltek i styringskomiteen for ungdomspolitikk.

Særs viktige instrument for utvikling av Europarådets ungdomspolitikk er dei to ungdomssentra i Strasbourg og Budapest og det europeiske ungdomsfondet. Noreg har i fleire år ytt bidrag til denne verksemda og fører dette vidare i 2010.

I dei siste åra er det utvikla eit samarbeid mellom Europakommisjonen og Europarådet om enkelte spørsmål innanfor ungdomspolitikken. Det er særleg lagt vekt på å utvikle betre kunnskap om ungdom, samarbeid om leiarutdanning og samarbeid i middelhavsregionen. Eit tiltak er etableringa av European Knowledge Centre, som er i ferd med å bli bygt opp med data frå ei rekkje europeiske land. Noreg har valt å vere ein aktiv part i dette arbeidet og har engasjert NOVA for arbeidet med datainnsamling og innlegging.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten vil bli nytta til utgifter i samband med konferansar, informasjonsmateriell, utgreiingar og anna som inngår i arbeidet med å sikre eit godt oppvekstmiljø for barn og ungdom. Også midlar til nettportalen ung.no inngår i posten.

Post 50 Forsking, kan nyttast under post 71

Posten skal nyttast til å støtte forsking om barn og ungdom. Sjå samla omtale under post 71.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Målsetjing

Posten omfattar tilskot til det nasjonale arbeidet som frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar gjer. Formålet er å leggje til rette for barn og ungdoms deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonane. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar, og sikre organisasjonane som arena for medverknad og demokrati.

Tildelingskriterium

Den nasjonale grunnstøtta til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar blir regulert av ei eiga forskrift. Ei ny forskrift vart sett i kraft i 2008. I 2009 vart det gjort nokre presiseringar som vil gjelde frå tilskotsåret 2010. Midlane blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. BLD er klageinstans for vedtak fatta av Fordelingsutvalet.

Det blir òg gitt driftstilskot til LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede. Også midlar til tilskotsordninga Mangfold og inkludering inngår i posten. Ordninga vart oppretta i 2008 og blir forvalta av LNU. Det blir òg nytta midlar frå posten til forsking om barne- og ungdomsorganisasjonar.

Oppfølging og kontroll

Krav til revisjon, rapport og kontroll av nasjonal grunnstøtte er regulert av forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og instruks for Fordelingsutvalet. Andre tilskot som blir gitte gjennom denne posten, blir kontrollerte gjennom rapportering og rekneskap.

Budsjettforslag 2010

Det er føreslått ein reduksjon på 1 mill. kroner på posten frå saldert budsjett 2009 til interne omprioriteringar.

Post 71 Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 50

Målsetjing

Post 50 og post 71 blir nytta til å støtte forsking og utviklingsarbeid som kan gi auka kunnskap og bidra til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom.

Tildelingskriterium

Noregs forskingsråd får løyving frå post 50 til forsking om barn og ungdom. Det blir òg gitt tilskot frå posten til anna forsking og statistikk på BLD sine prioriterte område. Frå post 71 blir det gitt tilskot til utviklingsarbeid, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling som ledd i gjennomføringa av dei måla som departementet har sett for arbeidet på barne- og ungdomsområdet. Posten vil òg bli nytta til ei øyremerkt satsing på ungdom som står utanfor opplæring og arbeidsliv (satsinga Unge utanfor).

Oppfølging og kontroll

Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollerte gjennom rapportering og rekneskap.

Post 73 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Målsetjing

Posten blir nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Formålet er å betre oppvekst- og levekår i de 23 bykommunane Oslo (inkl. sju prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.

Tildelingskriterium

Løyvinga blir nytta til tiltak, prosjekt og utviklingsarbeid. Målgruppa er barn og unge, og særleg ungdom i alderen 12 til 25 år med spesielle behov og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Barn og unge med etnisk minoritetsbakgrunn står overfor spesielle utfordringar, og arbeid som fremmer integrering har høg prioritet. Barn og unges deltaking og medverknad bør bli prioritert der det er naturlig, og innsatsen bør inngå i ein fullstendig og samordna barne- og ungdomspolitikk. Det blir lagt vekt på:

  • førebygging av uønskt sosial åtferd, mellom anna vald, mobbing, kriminalitet, rus og rasisme, å motverke fordommar og diskriminering, og å fremme gjensidig aksept

  • deltaking frå ungdomsgrupper som i liten grad nyttar seg av eksisterande kultur- og fritidstilbod

  • kvalifisering, inkludering og etablering av alternative meistringsarenaer

  • arbeid og innsats som tek sikte på å nå barn og unge råka av fattigdomsproblem

  • likeverd og like moglegheiter for jenter og gutar

  • likeverdige moglegheiter for barn og ungdom med nedsett funksjonsevne.

Tilskotsordninga er sett saman av fire delar:

  1. Spesialsatsing (ungdomstiltak) i dei fire største byene; Oslo (inkludert sju bydelar), Bergen, Trondheim og Stavanger

  2. Tilskot til ungdomstiltak i 19 bykommunar (Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik)

  3. Tilskot til tiltak mot fattigdom blant barn, unge og familiar, omfattar 23 bykommunar

  4. Tilskot til strakstiltak, omfattar 23 bykommunar.

I overkant av ein tredel av løyvinga blir nytta til ungdomstiltak. Dei fire største byane blir tildelte ei ramme (pkt.1), medan dei 19 andre byane blir tildelte midlar etter søknad (pkt.2). Over halvparten av løyvinga er avsett til tiltak og prosjekt retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem (pkt. 3). Ein kan søkje om tilskot til ferie- og fritidstiltak, tilskot til tiltak som kan bidra til betre tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning, og tilskot til meir langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem. Løyvinga kan òg bli nytta til strakstiltak for å løyse oppgåver og problem av akutt karakter i ungdomsmiljøa og til utviklingsarbeid (pkt. 4). Offentlege og private instansar, bydelar, frivillige organisasjonar og ungdomsgrupper kan søkje. Departementet kan ta initiativ til å støtte enkelte prioriterte område. I tråd med Soria Moria-erklæringa vil tiltak i Groruddalen bli særleg prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom kommunanes rapportering og rekneskap til departementet.

Budsjettforslag 2010

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir redusert med 20 mill. kroner, utover prisomrekninga, frå saldert budsjett 2009. Av desse fell 15 mill. kroner bort, som i 2009 var øyremerkt Grorud fleirbrukshall. I tillegg er det føreslått at 5 mill. kroner på posten skal gå til interne omprioriteringar.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv. kan overførast

Målsetjing

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, enkeltpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt.

Hovuddelen av posten blir nytta til Noreg sitt bidrag til deltaking i EU-programma Aktiv Ungdom,Sikrere Internett og Daphne III som varer fram til 31. desember 2013. Posten dekkjer òg Noreg sitt bidrag til Det europeiske ungdomsfond i Europarådet, kostnader i samband med bilateralt samarbeid, oppfølginga av Noregs/EØS’ finansielle ordningar, samarbeidet i nærområda, særleg samarbeidet innanfor rammene av Noregs deltaking i Barentsrådet og Austersjørådet, og andre tiltak knytte til det mellomstatlege samarbeidet på ungdomsområdet. Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstøtte til sitt internasjonale arbeid. LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemma kan søkje om tilskot til sitt internasjonale arbeid.

Tildelingskriterium

Bidraga for deltaking i dei ulike EU-programma blir fastsette etter ein fordelingsnøkkel nedfelt i EØS-avtalen. Storleiken på bidraget til Det europeiske ungdomsfond blir fastsett av Ministerkomiteen i Europarådet. Tilskot til bilateralt samarbeid, til samarbeidet i nærområda og anna internasjonalt samarbeid blir fastsett av departementet ut frå gjeldande avtalar og prinsipp. Tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane blir forvalta av Fordelingsutvalet etter kriterium fastsett i eiga forskrift. Søknader frå LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemma om tilskot til internasjonalt arbeid blir handsama av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Europarådets ungdomsdirektorat og Europarådets revisjonsstyre kontrollerer Det europeiske ungdomsfond. Revisjonsretten i EU og EUs internrevisjon kontrollerer bruken av budsjettmidlar til dei programma Noreg deltar i. Departementet har eit ansvar for å etablere rutinar for sakshandsaming og kontroll av tildelinga av tilskot frå programmet Aktiv Ungdom. Tilskotet til ungdomssamarbeid i Barentsregionen blir forvalta av Barentssekretariatet i Kirkenes. Tilskotet gitt av departementet blir følgt opp ved kontroll av rapport og rekneskap. Bufdir og Fordelingsutvalet har ansvaret for oppfølging av og kontroll med dei tilskotta dei forvaltar til organisasjonanes internasjonale arbeid.

Budsjettforslag 2010

Hovuddelen av løyvinga blir nytta til dei plikter Noreg har gjennom internasjonale avtalar, spesielt EØS-avtalen. Løyvinga skal dekkje kostnader til ungdomsprogrammet til EU, Aktiv Ungdom, Sikrere Internett og Daphne III som går fram til 31. desember 2013. Dessutan skal løyvinga dekkje Noregs plikter overfor Europarådet på det ungdomspolitiske området. Løyvinga skal òg dekkje kostnader knytte til gjennomføringa av bilaterale avtalar, samarbeidet i nærområda og kostnader til departementet sitt internasjonale engasjement på barne- og ungdomsområdet. Det er føreslått ein auke på 2 mill. kroner på posten.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

160 903

170 619

176 540

21

Spesielle driftsutgifter

1 656

2 130

19 198

22

Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

29 755

28 292

29 197

Sum kap. 858

192 314

201 041

224 935

Status for verksemda

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er etatsleiar for Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), som igjen omfattar fem regionar. Regionkontora har underliggjande utøvande einingar innanfor barnevern og familievern. Regionkontora handsamar òg søknader om førehandssamtykke om utanlandsadopsjon og søknader om innanlandsadopsjon. Direktoratet har ansvaret for fagleg, økonomisk og administrativ styring, koordinering og utvikling av Bufetat. Direktoratet handsamar klager på saker der regionane er første instans.

Hovudoppgåva til etaten er å gi barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte, tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet.

Ansvarsområda for etaten omfattar òg tiltak under dei følgjande budsjettkapitla:

  • Kap. 840 Krisetiltak

  • Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

  • Kap. 842 Familievern

  • Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

  • Kap. 852 Adopsjonsstønad

  • Kap. 853 Fylkesnemnda for barnevernet og sosiale saker

  • Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

  • Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

  • Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

  • Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

  • Kap. 859 EUs ungdomsprogram

Likestilling

Per 31. desember 2008 er det 4 952 tilsette i Bufetat. Av desse er 66 prosent kvinner og 34 prosent menn.

Delen av kvinner som har blitt tilsette i etaten i løpet av 2008, har auka med 1,5 prosentpoeng sidan 2007, frå 65,5 prosent til 67 prosent.

Det var totalt 481 leiarstillingar i Bufetat per 31. desember 2008. Kvinner innehar 61,7 prosent av desse stillingane. Tilsette med stillingar som seksjonssjef, avdelingsleiar og leiar utgjer dei største leiargruppene i verksemda. Innanfor gruppa seksjonssjefar og avdelingsleiarar er kvinnedelen høg (69 prosent), noko som òg må sjåast i lys av delen kvinnelege tilsette i heile etaten.

Dei kvinnelege tilsette har i gjennomsnitt eitt lønnstrinn høgare enn mennene.

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

God fagleg og økonomisk styring av ansvarsområda til direktoratet

Initiere nødvendige faglege endringsprosessar i verksemda

I løpet av året har det blitt arbeidd med utvikling av felles faglege normer innanfor fleire av fagområda til etaten. Målet er å få einsarta forståing og praksis, og eit likeverdig tilbod i heile landet. Sjå omtale under kap. 842 Familievern og kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Likeverdig, differensiert og tilstrekkeleg tiltaksapparat og einsarta praksis

Familievern

Bufdir vurderer kontinuerleg drifta av familievernet, og har arbeidd for å sikre eit mest mogleg likeverdig tilbod i regionane.

Barnevern

Det er store variasjonar mellom regionane i delen barn og unge som mottek tiltak, samanlikna med talet på barn og unge i alderen null til 19 år som er busette i regionane. Desse variasjonane er dels grunna i ulike kulturar og tradisjonar tilbake i det fylkeskommunale barnevernet. Forskjellane er reduserte i perioden frå 2005 og fram til 2008. Framleis er det større variasjonar enn ønskeleg.

2008 markerte avslutninga på den toårige satsinga på kompetansestyrking av fagteama i Bufetat. Rapporten Vurdering og videreutvikling av fagteam frå Rambøll Management viste mellom anna at det var eit behov for styrking av kompetansen i fagteam og utvikling av samarbeid med fosterheimstenesta og psykisk helsevern. Rapporten har vore eit viktig bidrag i vidareutviklinga av funksjonen til fagteama. Programmet har fått god evaluering, og blir følgt opp for å sikre ei likeverdig utøving i fagteama.

Kostnadseffektiv drift av regionane

Kostnadseffektiv drift av regionane har vore ei av hovudprioriteringane til direktoratet i 2008. Særleg har det blitt lagt vekt på å oppnå budsjettbalanse for kap. 842 Familievern og kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Korrigert for pris- og lønnsvekst har det vore ein auke i utgifter fråtrekte refusjonar frå 2007 til 2008 på 0,1 prosent for familievernet. Samstundes har familievernet auka talet på konsultasjonar med 4,9 prosent.

Aktivitetsveksten i barnevernet har halde fram òg i 2008. Samstundes var utgiftsveksten høgare enn klientveksten. Sjå òg omtale under kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet.

Direktoratet har følgt den økonomiske situasjonen for barnevernet i 2008 gjennom direktørmøta og i verksemdstyringssamtalane på bakgrunn av mellom anna periodiserte budsjett og prognosar. Etaten utarbeidde innsparingsplanar, men trass i dette var det nødvendig med tilleggsløyvingar òg i 2008.

I 2008 sette etaten i gang eit arbeid med å kartleggje ulik opphaldstid mellom regionar og fagteam. I 2008 har Bufdir bygt opp eit kompetansemiljø og sentralisert kjøp av barnevernsplassar etter konkurranse. Hausten 2008 gjennomførte Bufdir nyskaffing av institusjonsplassar som var retta mot alle ideelle organisasjonar.

Høg rettstryggleik og god kvalitet i sakshandsaminga

Sakene skal handsamast innan gitte tidsfristar og med høg kvalitet

Adopsjon

I 2008 blei det halde fagdagar i Bufetat om adopsjonsfaglege spørsmål, mellom anna for å sikre felles praksis i heile landet. Sakshandsamingstida i adopsjonssaker varierer mellom regionane og er i nokre høve lengre enn dei fastsette måla. Bufetat må derfor halde fram med å setje i verk tiltak som kan få sakshandsamingstida ned.

Bufetat fekk til saman 489 søknader om førehandssamtykke til adopsjon i 2008, mot 682 søknader i 2007. Reduksjon i talet på søknader har truleg samanheng med at langt færre barn enn tidlegare er tilgjengelege til adopsjon frå utlandet.

Bufdir har ført tilsyn med verksemda til alle adopsjonsorganisasjonane.

Sikre eit tilbod om adopsjonsførebuande kurs

Tilbodet om adopsjonsførebuande kurs for dei som søkjer om å adoptere eit barn for første gang, heldt fram i 2008. Kurset er frivillig og gratis. Målet med kurset er først og fremst å gi søkjarar nødvendig informasjon om adopsjon på eit tidleg tidspunkt i adopsjonsprosessen. Kursa blir arrangerte av Bufdir. I 2008 blei det gjennomført 20 adopsjonsførebuande kurs med totalt 436 deltakarar.

Saker om rettferdsvederlag

Bufdir mottok 689 nye søknader om rettferdsvederlag i 2008. Ved inngangen til 2008 var sakshandsamingstida på eitt år, medan ho ved utgangen av 2008 var på om lag eitt år og fire månader. Årsaka til at sakhandsamingstida har auka, er at ein større del av sakene er kompliserte.

Bufdir handsama ferdig 573 saker i 2008, mot 1 198 saker i 2007 og 243 saker i 2006.

Saker etter ekteskapslova

Bufdir har handsama 134 saker etter ekteskapslova i løpet av 2008. I 2007 var talet 161 saker. Dei fleste sakene gjeld klage over fylkesmannens vedtak om separasjon eller godkjenning av utanlandsk skilsmisse.

Samlivskurs Godt samliv! til førstegangsforeldre

Driftstilskotet til Godt samliv! blei innlemma i rammetilskotet til kommunane i 2008. Bufetat har informert alle kommunane i landet om den nye ordninga.

Det er lagt ut nettannonsar for Godt samliv! på foreldrenettstader, og nettstaden for Godt samliv! er stilt ferdig med ny design. I 2008 har deltakarheftet blitt revidert, og det er arbeidd med å tilpasse Godt samliv! for etniske minoritetar.

Samlivskurs Hva med oss? til familiar med barn med nedsett funksjonsevne

Seks familievernkontor har ansvar som regionale ressurskontor for Hva med oss?. Deira oppgåve er å førebu og gjennomføre kursa. Kurstilboda blir lagde ut på bufetat.no. Ei viktig side ved arbeidet er å nå fram til dei aktuelle målgruppene med informasjon. Hva med oss? fungerer som eit godt tverrfagleg tiltak, med kursleiarar frå både familievernet og andre delar av hjelpeapparatet.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatindikator

Gode faglege og økonomiske resultat i Bufetat

Barna sine interesser ved innanlands- og utanlandsadopsjon er tekne hand om

Del adoptivsøkjarar som har gått på kurs

Bufetats tilskots-, erstatnings- og regelverksforvalting er effektiv og av høg kvalitet

Del vederlagssaker behandla innanfor kravet på eitt år

Gode faglege og økonomiske resultat i Bufetat

Direktoratet skal sikre at regionane har god ressursutnytting, og er ansvarlege for at etaten når sine mål. Etaten vart oppretta mellom anna for å utvikle eit betre barnevern og familievern med god økonomisk kontroll. Det er direktoratets oppgåve å nå måla frå reforma i 2004, og å oppfylle mål vedtekne av Stortinget med dei ressursane dei har til disposisjon.

Det har vore ein sterk auke i utgiftene til det statlege barnevernet frå 2005 til 2008. Noko av auken skriv seg frå at det har vore ein vekst i talet på barn med tiltak. Det er ut frå barnevernsfaglege vurderingar ønskeleg å redusere omfanget av institusjonsbruk og heller nytte andre tiltak. Vridinga av tiltaksapparatet som har funne stad frå institusjon til fosterheim og tiltak i heimen, skulle isolert sett innebere ein reduksjon i den totale utgiftsveksten, da utgiftene til fosterheim og hjelpetiltak i heimen er lågare per opphaldsdag enn utgiftene til institusjon. Trass i dette har utgiftene auka betydeleg.

Utviklinga i utgift per opphaldsdag i dei ulike tiltaka seier noko om kor mykje ressursar ein nyttar for å nå eit gitt resultat. Det er eit mål at utgiftene per opphaldsdag reelt ikkje aukar frå 2009 til 2010. Direktoratet skal derfor sikre seg oversikt over årsaker til ulikskapar i utgifter per opphaldsdag i ulike tiltak mellom regionane. Denne kunnskapen skal brukast til å fastsetje mål for kvar enkelt region. Bufdir skal utvikle og forbetre styringssystema i etaten vidare for å ta hand om nødvendige styrings- og kontrollbehov. Direktoratet skal sikre gjennomføring av faglege og økonomiske endringsprosessar, mellom anna arbeidet med å skape eit meir likeverdig og kvalitativt betre tilbod med god økonomisk styring i heile verksemda.

Arbeidet med å skape ein felles fagleg og økonomisk forståing i etaten er ein føresetnad for å nå måla med etableringa av etaten. Departementet vil leggje vekt på at dette arbeidet blir ført vidare. Bufdir har ansvaret for at dei faglege og økonomiske måla til etaten blir nådde i regionane. Direktoratet skal sikre eit godt miljø for utveksling av erfaringar mellom regionane slik at etaten utnyttar potensialet for gjensidig læring.

Fag- og rapporteringssystemet på barnevernet som Bufetat i dag nyttar, har store manglar. Kvaliteten på klient- og styringsdata er ikkje god nok. Dette fører til utilstrekkelige rapportar og styringsdata av dårleg kvalitet. Bufdir har starta planlegginga av eit nytt fag- og rapporteringssystem kalla Barnevernsinformasjon, Registrering og Kvalitet (BiRK). Utviklinga av systemet vil starte i 2010. Målet med eit nytt fag-, klient- og rapporteringssystem er å få fram nødvendige data som kan sikre god fagleg og økonomisk styring av det statlege barnevernet.

Sidan staten overtok familievernet og barnevernet, har det vore ei uttalt målsetjing at det skal utviklast samarbeid mellom fagfelta familievern og barnevern. Døme på metodar som særleg tek hand om dette, er FFT (funksjonell familieterapi) og PMTO. Eit anna døme er det arbeidet som blir gjort for å leggje til rette for medverknad frå familiane i barnevernet. Utveksling av erfaringar og tverrfagleg samarbeid med kommunane, og samarbeid mellom kommunar, Bufetat og spesialisthelsetenesta, er òg viktig for å nå måla med reforma.

Bufdir har hovudansvaret for å implementere og utvikle foreldrerettleiingsprogrammet ICDP (International Child Developement Program) vidare.

Barna sine interesser ved innanlands- og utanlandsadopsjon er tekne hand om

Formålet med adopsjon er først og fremst å sikre at barn som treng det, får ein varig og god heim. Adopsjon skal derfor berre skje når adopsjonen vil vere til nytte for barnet.

Bufdir har ansvaret for at sakshandsaminga i adopsjonssaker følgjer gjeldande regelverk. Sjå òg omtale under kap. 852 Adopsjonsstønad. Kvar adopsjon skal gjennomførast forsvarleg og med vekt på barnets interesser.

Sakshandsaminga av adopsjonssaker skal dessutan skje innanfor fastsette tidsfristar, men sikre forsvarleg sakshandsaming. Det skal leggjast vekt på å utvikle einsarta praksis i alle delar av landet.

Bufdir skal tilby og gjennomføre adopsjonsførebuande kurs for førstegangssøkjarar.

Bufdir er sentralstyresmakt etter Haag-konvensjonen om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar. Bufdir skal sikre at utanlandsadopsjon berre skjer når det er til barnets beste, og med respekt for barnets grunnleggjande rettar, og dessutan at norsk og internasjonalt regelverk blir følgt. Bufdir skal føre tilsyn med dei godkjende adopsjonsorganisasjonane gjennom å avgjere søknad om formidlingsløyve og følgje opp organisasjonanes verksemd i inn- og utland.

Bufetats tilskots-, erstatnings- og regelverksforvalting er effektiv og av høg kvalitet

Bufetat har ansvaret for regelstyrte ordningar og tilskotsforvalting innanfor valdsførebyggjande tiltak, krisetiltak, tiltak som gjeld samliv, familie, kvinne og likestilling, og adopsjon og adopsjonsstønad. For alle ordningane og tilskota skal sakshandsaminga følgje gjeldande regelverk.

For saker om rettferdsvederlag er målsetjinga eitt års gjennomsnittleg sakshandsamingstid.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter i Bufdir, mellom anna knytte til opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester. Midlar skal òg brukast til administrasjon av Hva med oss? og til rettleiing og oppfølging av kommunane i samband med Godt samliv!.

Det er føreslått ein auke på posten med 110 000 kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 840 Krisetiltak, post 21.

BLD føreslår å flytte 510 000 kroner som gjeld lønnsmidlar, frå kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet, post 21, til posten.

BLD føreslår ei styrking med tre stillingar som følgje av klientveksten i det statlege barnevernet ved at posten blir auka med 2 mill. kroner.

BLD føreslår ein auke på 800 000 kroner frå interne omprioriteringar til drift og vedlikehald av fylkesnemndenes IKT-system som blir drifta av Bufdir.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak og utbetalingar av godtgjeringar for medlemmene i Fordelingsutvalet.

Posten er totalt føreslått styrkt med 17 mill. kroner til utvikling av nytt fag- og rapporteringssystem (BiRK).

Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

Posten skal dekkje reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Diverse inntekter

1 778

433

433

16

Refusjon av foreldrepengar

1 794

17

Refusjon av lærlingar

47

18

Refusjon av sykepengar

1 584

Sum kap. 3858

5 203

433

433

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Inntektene er knytte til eigendelar i samband med deltaking i Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år til år.

Kap. 859 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter, kan overførast

6 533

6 893

6 962

Sum kap. 859

6 533

6 893

6 962

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Ivaretaking av det internasjonale samarbeidet på ungdomsområdet gjennom EUs ungdomsprogram

I 2008 hadde programmet om lag 14,4 mill. kroner til fordeling, og av desse blei om lag 70 prosent fordelte til ulike prosjekt. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har òg prioritert søknader frå ungdom med særlege behov, og er godt nøgd med at om lag 40 prosent av dei innvilga prosjekta var for denne målgruppa i 2008. 300 ungdomsarbeidarar/-leiarar deltok på ulike kurs i regi av Aktiv Ungdom. Det kom inn til saman 142 søknader om stønad til prosjekt, noko som er ein svak nedgang samanlikna med fjoråret. Begge åra fekk totalt 86 søknader tildelte midlar. Resultata varierer mellom dei ulike delprogramma.

I 2008 deltok meir enn 600 ungdommar i utvekslingsprosjekt finansierte av det norske nasjonale kontoret. 47 prosent av dei var jenter, og 59 prosent var under 18 år. I volontørprosjekta var delen jenter 72 prosent.

I samarbeid med NOVA har Bufdir gjennomført ei nettbasert spørjeundersøking om ungdommens syn på framtida og dei politiske utfordringane. Undersøkinga var av same form som den Europakommisjonen gjennomførte som eit ledd i førebuingane til meldinga om den framtidige ungdomspolitikken i EU.

EUs nye ungdomsprogram kjent blant potensielle søkjarar

I Noreg har hovudmålsetjingane for Aktiv Ungdom vore å fremme ungdom sine interkulturelle erfaringar og styrkje det internasjonale samarbeidet på ungdomsområdet. Det har stått sentralt å gjere Aktiv Ungdom betre kjent blant nye og tidlegare brukarar, forbetre kvaliteten på realiserte prosjekt, fremme aktiv deltaking og medborgarskap, og i tillegg auke godkjenninga av ikkje-formell læring. Eurodesk har formidla informasjon til ungdom om mellom anna internasjonal mobilitet (jobb, studium, stipend). Nettstaden eurodesk.no har i snitt hatt 13 676 unike besøkjande kvar månad i 2008.

Bufdir informerte om Aktiv Ungdom ved om lag 15 informasjonsmøte og konferansar på ulike stader i Noreg.

Samarbeid med Nordvest-Russland

I 2008 har det vore arbeidd med å utvide samarbeidet og lage prosjektplanar som vil bli gjennomførte i 2009.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Resultatindikator

Ungdom er bevisste samfunnsdeltakarar som viser toleranse og respekt for andre

Tal på ungdommar som deltek i dei tilboda som Aktiv Ungdom gir

Talet på svakstilte ungdommar som deltek i aktivitetane under Aktiv Ungdom

Ungdom er bevisste samfunnsdeltakarar som viser toleranse og respekt for andre

Auke norsk deltaking i EU-programmet Aktiv Ungdom

EU-programmet Aktiv Ungdom har som målsetjing:

  • å fremme eit aktivt medborgarskap blant ungdom generelt og det europeiske borgarskapet deira spesielt,

  • å utvikle solidaritet og fremme toleranse blant ungdom, særleg for å styrkje den sosiale utjamninga i Unionen,

  • å skape gjensidig forståing mellom ungdom i ulike statar,

  • å medverke til å utvikle kvaliteten til ordningar til støtte for samarbeid på ungdomsområdet og ressursar til ungdomsorganisasjonane i det sivile samfunnet og

  • å fremme europeisk samarbeid på ungdomsområdet.

Bufdir er nasjonalt kontor for programmet i Noreg og vil arbeide for å gjennomføre Aktiv Ungdom i tråd med programmet sine målsetjingar og prioriteringane frå departementet og Europakommisjonen si brukarrettleiing.

Gjere EU-programmet Aktiv Ungdom betre kjent blant ungdom og dei som arbeider med ungdom

EUs ungdomsprogram Aktiv Ungdom starta i 2007 som ei vidareføring av programmet UNG i Europa. Målgruppa for programmet er barn og ungdom i alderen 13-30 år, ungdomsleiarar i frivillige organisasjonar og ungdomsarbeidarar innanfor kommunale ungdomstiltak.

Talet på prosjekt og ungdommar som har brukt Aktiv Ungdom, har gått noko ned dei siste åra. Ein del av budsjettet til prosjekt har ikkje blitt brukt. Bufdir skal bidra til å auke talet på søkjarar, godkjende prosjekt og ungdommar som deltek i programmet i 2010 gjennom vidareføring av fleire informasjons- og opplæringstiltak som blei innførte i 2009.

Det vil bli lagt vekt på å nå ungdom med særskilde behov, det vil seie unge arbeidsledige, unge med funksjonshemmingar, med avbroten skolegang, i risikosona på grunn av rusmisbruk, psykiske lidingar eller vanskeleg sosioøkonomisk bakgrunn og med minoritetsbakgrunn.

Samarbeid med EU sine naboregionar, spesielt Nordvest-Russland, skal òg prioriterast.

Betre kvaliteten på prosjekta som får tilskot frå EU-programmet Aktiv Ungdom

Bufdir skal bidra til best mogleg kvalitet i prosjekta som blir gjennomførte med tilskot frå Aktiv Ungdom, ved å tilby opplæring i form av kurs og seminar, og spreie informasjon og god skriftleg rettleiing til søkjarane. God kvalitet i prosjekta inneber mellom anna at det blir teke omsyn til aktiv medverknad i prosjektet frå unge, og at det blir lagt til rette for ikkje-formell læring. Bufdir vil gjennom intensivert opplæring av potensielle søkjarar og grundigare rettleiing i søknadsfasen òg søkje å heve kvaliteten på utvekslingsprosjekta.

Ungdommar som ofte har færre moglegheiter er involverte i aktivitetar under Aktiv Ungdom

Bufdir vil halde fram med informasjonsarbeid retta særskilt mot offentleg ungdomsarbeid og frivillige organisasjonar som jobbar med utsette ungdomsgrupper og ungdom med særskilde behov.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og utgifter til varer og tenester på det nasjonale kontoret som forvaltar programmet. Ein må sjå løyvinga i samanheng med kap. 3859 EUs ungdomsprogram, som omhandlar Europakommisjonen sitt bidrag til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Nettokostnaden på posten etter frådrag for inntektene under kap. 3859 er Noreg sin nasjonale del av drifta av det nasjonale kontoret for EU-programmet Aktiv Ungdom.

Posten kan òg nyttast til å dekkje kostnader knytte til evalueringa av programmet.

Kap. 3859 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Tilskot frå Europakommisjonen

3 457

2 300

2 300

16

Refusjon av foreldrepengar

248

18

Refusjon av sykepengar

112

Sum kap. 3859

3 817

2 300

2 300

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av EUs ungdomsprogram, Aktiv Ungdom.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet utarbeider ein årleg arbeidsplan for det nasjonale kontoret, som blir godkjend av BLD og Europakommisjonen.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

860

Forbrukarrådet

91 654

94 137

105 449

12,0

862

Positiv miljømerking

4 341

4 532

4 677

3,2

865

Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

26 071

25 151

13 028

-48,2

866

Statens institutt for forbruksforsking

25 010

25 660

26 481

3,2

867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

6 248

7 449

7 536

1,2

868

Forbrukarombodet

21 413

19 533

20 888

6,9

Sum kategori 11.30

174 737

176 462

178 059

0,9

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

01-23

Drift

49 585

47 885

37 068

-22,6

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

116 664

119 797

131 930

10,1

70-98

Overføringar til private

8 488

8 780

9 061

3,2

Sum kategori 11.30

174 737

176 462

178 059

0,9

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

3867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

49

3868

Forbrukarombodet

1 667

Sum kategori 11.30

1 716

Hovudinnhald og prioriteringar

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken inneheld løyvingar til Forbrukarrådet, Stiftelsen Miljømerking, Statens institutt for forbruksforsking, Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet, Forbrukarombodet, forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid. Budsjettforslaget på programkategorien viser ein auke på i underkant av ein prosent.

Regjeringa vil føre ein politikk som ivaretek forbrukarane sine interesser og rettar, og som sikrar forbrukarane gode og tryggje rammevilkår. Forbrukarorganisasjonane har ei viktig rolle ved å uttrykke brukarane sine interesser overfor næringsliv og offentleg tenesteyting, og bidra til at forbrukaromsyn blir teke omsyn til ved offentlege vedtak.

Hovudprioriteringar i forbrukarpolitikken er:

  • Utvikle finansportalen.no vidare

  • u tvikle eit meir heilskapleg og effektivt system for å løyse forbrukartvistar

  • styrkje miljømerka Svanen og Blomen

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

50

Basisløyving

91 654

94 137

97 149

51

Marknadsportalar

8 300

Sum kap. 860

91 654

94 137

105 449

Status for verksemda

Forbrukarrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som skal dyktiggjere forbrukarar og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre meir forbrukarvennleg enn dei elles ville gjort. I tillegg skal Forbrukarrådet gi bistand til forbrukarar som treng hjelp.

Forbrukarrådet, som blir leidd av ein direktør og har ti regionkontor, er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre.

Årleg får Forbrukarrådet over 100 000 telefonar frå forbrukarar som ønskjer hjelp. I ein analyse av svartenesten til Forbrukarrådet i 2008 kom det fram at 53 prosent av innringjarane var menn.

Stadig fleire forbrukarar nyttar Forbrukarportalen (forbrukerportalen.no) og den nettbaserte klagerettleiinga som finst der.

I 2008 svarte 73 prosent av dei spurte at dei var godt nøgde med svartenesten til Forbrukarrådet. Det var ingen klår skilnad mellom kor godt nøgde menn og kvinner var.

Regionkontora til Forbrukarrådet har ansvaret for regionalt forbrukarpolitisk arbeid. I tillegg har dei på bestemte område nasjonalt fagansvar/prosjektansvar.

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Sterkt forbrukarvern

Gode og effektive rutinar for å sjekke kvalitet i daglegvareomsetnaden

Forbrukarrådet undersøkte og testa kvaliteten på fersk fisk i daglegvarekjedene. Arbeidet har ført til at det frå den 1. januar 2010 blir etablert ei ordning for merking av mellom anna fangstdatoen på fersk fisk.

Verksam konkurranse i finansnæringa gjennom samanlikning av finansprodukt

Finansportalen (finansportalen.no), som er utvikla av Forbrukarrådet på oppdrag frå BLD, vart opna i januar 2008. Portalen skal gjere det enklare for forbrukarane å samanlikne dei mange og ulike produkta som finst på marknaden for sparing, lån og forsikring, og medverke til betre konkurranse innanfor finansnæringa.

Finansportalen er no etablert som den leiande informasjonskanalen for samanlikning av finansprodukt til norske forbrukarar. 150 bankar og 20 forsikringsselskap leverer data som gir ei omfattande oversikt over bank-, spare- og forsikringsprodukt. Ulike nettmedium nyttar portalen som primærkjelde for prislister og samanlikningar.

Ei ny løysing for bankbyte vart lansert på Finansportalen i januar 2009. Forbrukarane kan no starte forhandlingar med bankane om betre vilkår direkte frå portalen.

Finansportalen gjekk til topps i kåringa til Direktoratet for forvalting og IKT av den offentlege tenesta for året. I tillegg vart portalen nominert til Rosings Brukervennlighetspris 2008, som Den Norske Dataforening deler ut.

Gode og effektive klageordningar for forbrukarane

Forbrukarrådet sette ned eit internt arbeidsutval til å sjå på totalstrukturen i klagenemndssystemet. Arbeidet til Forbrukarrådet her vil bli nytta i lovutvalet som BLD skal setje ned for å sjå på det utanrettslege tvisteløysingssystemet i forbrukarsaker, jf. omtale under kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid.

Det vart også arbeidd med å gjere dei ulike klagenemndsavtalane meir einsarta og effektive. Full elektronisk klagesakshandsaming er allereie innført i Brukarklagenemnda for Elektronisk Kommunikasjon, i Reklamasjonsnemnda for Pakkereiser og i den nye utvida Flyklagenemnda. Det er også sett i gang eit arbeid for å innføre same type klagesakshandsaming i Parkeringsklagenemnda. Klagaren skal til kvar ein tid kunne gå inn i systemet og finne ut kva for trinn klagesakshandsaminga er på. Elektronisk klagesakshandsaming er ikkje til hinder for at dei som ønskjer det, framleis kan klage på den ordinære, skriftlege måten.

Klagenemnda for handverkartenester på fast eigedom vart oppretta som eit prøveprosjekt. Den nye nemnda gjer det lettare å vere forbrukar på denne marknaden. Nemnda skal verke oppdragande på bransjen, ved at denne deltek i klagehandsaminga og i større grad ser kor problema er. Nemnda dekkjer alle former for tvistar mellom forbrukarar og handverkarar, til dømes om dårleg utført arbeid, tolking av avtalar og pris. Klagenemnda for handverkartenester er oppretta gjennom eit samarbeid mellom Forbrukarrådet og ni bransjeforeiningar.

Godt forbrukarvern for forsikringskundar

Forbrukarrådet medverka til at det frå januar 2009 vart innført ein kontraheringsrett på forsikring. Kontraheringsretten inneber at det no er forbode å nekte nokon å teikne forsikring utan sakleg grunn. Ved avslag pliktar forsikringsselskapa å opplyse forbrukarane om at dei kan få avgjerda overprøvd i Forsikringsskadenemnda, der Forbrukarrådet er representert. Det er heller ikkje lenger lov å bruke betalingsmerknader til å nekte nokon forsikring, eller å be om helseopplysingar som ligg meir enn ti år tilbake i tid.

Forbrukarrådet samarbeidde med Finansnæringens Hovedorganisasjon om etterbruken av ei omdømmeundersøking av korleis forbrukarane ser på forsikringsbransjen og skadeforsikring. Rapporten Skuffelser og rått parti førte til at det vart sett ned fleire prosjektgrupper som har kome med forslag om forbetringar. Forbrukarrådet medverka mellom anna til at det vart innført standardiserte forsikringsvilkår (basisvilkår) og etablert ei sertifiseringsordning for forsikringsseljarar. Samstundes vart funksjonsområdet for nøytrale nemnder utvida slik at ein no får permanent deltaking av medisinsk sakkunnige i samband med både teikning og oppgjer.

Betre grunnlag for fritt sjukehusval gjennom open informasjon om kvalitet

Forbrukarrådet arbeidde for at det blir gjennomført eit tilsvarande arbeid i Noreg som i dei siste åra er blitt gjort i Sverige med publisering av informasjon knytt til kvalitet og effektivitet innanfor helsevesenet. Rapporten Öppna jämförelser av hälso- och sjukvårdens kvalitet och effektivitet frå den svenske Socialstyrelsen i 2008 inneheld oversikt over heile 101 kvalitets- og effektivitetsindikatorar

Etablere gode digitale rettar

Forbrukarrådet etablerte kontakt med mellom andre TONO, NRK, Nasjonalbiblioteket og Microsoft for å inkorporere råd om digitale rettar og plikter til forbrukarane (Dine Digitale Rettigheter) i arbeidet deira med å formidle kulturelt innhald. Råda vart lansert av Forbrukarrådet i 2006 for å styrkje stillinga til forbrukarane i marknaden for digitale varer og tenester.

Vidare arbeidde Forbrukarrådet tett opp mot EU-kommisjonen med å etablere ei ny politisk plattform for vidareutvikling av fellesskapsretten innanfor opphavsrett og telekommunikasjon. Arbeidet omfattar mellom anna deltaking i ei møterekkje leidd av kommisjonæren for informasjonssamfunnet.

Forbrukarrådet medverka til auka merksemd om rettane til forbrukarane på Internett i samband med kampen mot ulovleg fildeling. Arbeidet gjekk føre seg både offentleg og gjennom kontakt med opphavsmannsorganisasjonane og deira advokatar. Arbeidet som Forbrukarrådet utførte på dette området i samarbeid med Den europeiske forbrukarorganisasjonen (BEUC), medverka til at forslaget frå EU-kommisjonen om repressive tiltak mot Internettbrukarar vart nedstemt av EU-parlamentet.

Forbrukarrådet medverka til ein offentleg debatt om den valfridomen forbrukarane har på TV-marknaden. Forbrukarrådet var aktive i debatten om utgreiinga til Medietilsynet om val av enkeltkanalar. Forbrukarrådet gjennomførte også ei undersøking om ønska forbrukarane har om større valfridom på TV-marknaden.

Gjennom ei undersøking i samarbeid med Medietilsynet avdekte Forbrukarrådet at det blant norske forbrukarar var misnøye med overgangen frå analog til digital TV. Undersøkinga medverka til at TV-distributørane arbeidde meir med å løyse dei aktuelle utfordringane.

Forbrukarrådet gjennomførte ei spørjeundersøking om den digitale kompetansen til forbrukarane ved bruk av tryggleiksverktøy. Både kjennskapen til bruk av brannmurar, tryggleikskopiering og virusvern vart kartlagt. Undersøkinga synte mellom anna at rutinane forbrukarane har for tryggleikskopiering bør bli betre, at kunnskapane på området varierer, og at menn i større grad enn kvinner tryggleikskopierer filene sine. Funna er seinare lagde til grunn for arbeidet til Forbrukarrådet med tiltak på området.

Informerte og kompetente forbrukarar

Informasjon som fremmer verksam konkurranse og forbrukarmakt

Forbrukarrådet medverka til at det vart inngått forlik i ei sak der ein bankkunde hadde tapt pengar på grunn av ein tastefeil ved ei pengeoverføring på ein nettbank. I forliket gjekk banken med på å erstatte tapet til bankkunden. Kravet førte til ei rekkje konkrete tiltak som har styrkt tryggleiken. Gjennom saka klarte Forbrukarrådet å setje søkjelys på det ansvaret bankane har for forsvarleg brukartesting av nettbankløysingar. Regjeringa har no føreslått ansvarsavgrensingar for enkelte feil gjorde ved bruk av nettbankar.

Forbrukarrådet medverka til at Noregs vassdrags- og energidirektorat fekk klarsignal til å starte arbeidet med å innføre tovegskommunikasjon for alle straumforbrukarar, såkalla smarte straummålarar. Forbrukarrådet bad styresmaktene sjå til at utbyggjarane blir pålagde å tilby alle straumkundane målarar med display, slik at det blir mogleg å følgje med på både forbruket og prisen. Auka medvit kring straumforbruket føreset lett tilgjengeleg og direkte informasjon.

Det er no lagt opp til at nettselskapa skal finansiere og stå for utskiftinga av alle gamle straummålarar innan utgangen av 2013.

Forbrukardagen 2008 vart gjennomført som ei kampanjeveke knytt til omsetnad av bilar, særleg bruktbilar mellom private. I samband med kampanjen gjennomførte Forbrukarrådet ein test av tilstandsrapportane til merkeverkstadene. Denne synte at det berre i 20 prosent av tilfella vart utlevert ein tilstandsrapport. Av dei dyre bruktbilane som vart prøvekøyrde, hadde 60 prosent så mange feil og manglar, eller var så høgt prisa, at Norges Automobilforbund, som testa bilane, frårådde kjøp.

Forbrukarrådet medverka også til at det vart innført forbod mot forskotsbetaling i den nye eigedomsmeklingslova. Dette har i vesentleg grad styrkt forhandlingsposisjonen til forbrukarane overfor eigedomsmeklarar som ikkje lever opp til dei forventingane forbrukarane har til tenesteytinga. Tilbakehaldsretten til forbrukarane har vorte reell fordi eigedomsmeklarane ikkje lenger kan dekkje honorar-/vederlagskrava sine frå klientkontoen utan samtykke.

I tillegg til informasjon lagt ut på forbrukerportalen.no deltok Forbrukarrådet aktivt i ulike medium med relevante opplysingar om sal av bustad i forbrukarforhold.

Forbrukarrådet arrangerte kurs og opplæring i sentrale reglar i lover som forbrukarkjøpslova, handverkartenestelova og angrerettlova for bransjeorganisasjonar og større aktørar på forbrukarmarknaden.

Forbrukarrådet medverka til at Mattilsynet i 2007 sette i gang eit prøveprosjekt med ein såkalla Smiley-ordning i butikk- og restaurantbransjen, etter dansk modell. Prøveprosjektet omfatta om lag 400 serveringsstader i Trøndelag og Møre og Romsdal. Ei evaluering i 2008 synte at prosjektet hadde vore vellykka, og det vart derfor forlengt.

Medverke til at forbrukarane meistrar den digitale marknadsplassen

Forbrukarrådet innleidde eit samarbeid med Blindeforbundet for å vurdere kva slags fordelar blinde og svaksynte spesielt og forbrukarar generelt går glipp av på grunn av manglande brukartilpassing for kjøp av varer og tenester på Internett. Auka brukarvennsemd betyr auka tilgjenge, noko som særleg er til fordel for personar med nedsett funksjonsevne og personar med låg digital kompetanse.

Framleis er det mange brukarar av Internett som ikkje handlar der. Konsekvensen kan vere at dei går glipp av større varetilbod og lågare prisar. Forbrukarrådet reviderte derfor sin eksisterande e-handelsinformasjon. I samarbeid med Forbrukarombodet og Forbrukar Europa utarbeidde rådet også tips for tryggare netthandel. Tipsa kan medverke til at fleire meistrar kjøp av varer og tenester på Internett.

Medverke til at det blir etablert gode merkeordningar

Forbrukarrådet deltok aktivt i arbeidet med å etablere ei symbolmerkeordning som skal gjere det enklare for forbrukarane å velje sunne varer i daglegvarebutikkane.

Medverke til fleire miljøriktige val

Forbrukarrådet deltok i den nasjonale spegelkomiteen for utforming av ein global standard for samfunnsansvar. Arbeidet, som ikkje er avslutta, inneber å konkretisere forventingane til næringslivet mellom anna om miljøomsyn og berekraftig utvikling.

Medverke til at forbrukarane meistrar bustadmarknaden betre

Forbrukarrådet førte vidare arbeidet med å gi informasjon til bustadbyggjarar og -kjøparar via dei nye bustadinformasjonssidene som er etablerte på Forbrukarportalen. Desse sidene er blant dei mest besøkte på portalen.

Prosjektet Økt kundekompetanse blir leidd av Forbrukarrådet og finansiert av Byggekostnadsprogrammet for å auke kundekompetansen på byggje- og handverkarmarknaden. I 2008 vart det utarbeidd ny informasjon både til forbrukarar som skal byggje bustad, kjøpe ny bustad og pusse opp. Det vart også innleidd eit samarbeid med nettstaden boligejer.dk, som blir leidd av Erhvervs- og byggestyrelsen og Forbrugerrådet i Danmark, om å dele informasjon som er relevant for forbrukarane landa imellom. Prosjektet har i tillegg ein avtale med Kommunal- og regionaldepartementet om relevant forbrukarinformasjon i samband med den nye plan- og bygningslova.

Forbrukarportalen vart brukt til å publisere testar og undersøkingar på bustadområdet. Gjennom fleire testar medverka Forbrukarrådet til at problemstillingar knytte til marknadsføring av bustader i burettslag vart synleggjorde. Dette medverka til at bransjen og forbrukarstyresmaktene forhandla fram ei forbetra bransjenorm for marknadsføring av bustader. Bransjenorma har no eit krav om informasjon om den reelle totalprisen i all marknadsføring av bustader i burettslag. Dette gjer at det no er lettare for bustadkjøparar å orientere seg på bustadmarknaden.

Etter at den nye lova om eigedomsmekling delvis vart sett i kraft den 1. januar 2008, har Forbrukarrådet prioritert å utarbeide informasjon om sentrale reglar i lova.

Forbrukarrådet arbeidde i 2008 med å få lovfesta ei plikt for seljarar til å leggje fram ein grundig teknisk tilstandsrapport ved sal av bustad i forbrukaravtaleforhold. Arbeidet med dette vart i stor grad gjort ved deltaking i Takstlovutvalet. Vidare deltok Forbrukarrådet i ulike arbeidsgrupper med relevant tilknyting til temaet. Forbrukarrådet føreset at ei eventuell plikt til å leggje fram tilstandsrapport blir følgd opp med ei autorisasjonsordning for bygningssakkunnige. Dette skal sikre høg bygningsfagleg kompetanse og erfaring hos dei som skal utarbeide rapportane.

Opplysingar om bustader som blir utarbeidde i samband med grundige tekniske tilstandsrapportar, er verdifulle og bør derfor bli tekne vare på i ein tilgjengeleg database. I samband med uttalen til matrikkelforskrifta tok Forbrukarrådet derfor til orde for at tilstandsrapportar bør lagrast i matrikkelen. Over tid kan rapportane gi ei god oversikt over tilstanden til den norske bustadmassen.

Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

Finansdepartementet har, i samråd med aktuelle departement og med verknad for statsrekneskapen for 2009, etablert nye prosedyrar for innrapportering av kontantbehaldninga til nettobudsjetterte verksemder per 31. desember. Det er i tilknyting til budsjettproposisjonen for 2010 utarbeidd tre standardtabellar med følgjande nøkkeltal for Forbrukarrådet:

  • Tabell 3.17. Utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter for verksemda basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter dei prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

  • Tabell 3.18 Inntekter etter inntektskjelde: De fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder og formålet med tabellen er å gi ein oversikt over dei ulike kjeldene.

  • Tabell 3.19 Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.

Tabell 3.17 Utgifter og inntekter etter art

Utgifter/Inntekter

Rekneskap

År 2007

År 2008

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

60 610 000

64 034 000

Varer og tenester

53 102 000

42 924 000

Sum driftsutgifter

113 712 000

106 958 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

0

0

Sum investeringsutgifter

0

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege verksemder

0

0

Andre utbetalingar

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og andelar

0

0

Andre finansielle utgifter

52 000

54 000

Sum finansielle utgifter

52 000

54 000

Sum utgifter

113 764 000

107 012 000

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

8 345 000

6 491 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

Refusjonar

0

0

Andre driftsinntekter

-3 062 000

2 762 000

Sum driftsinntekter

5 284 000

9 254 000

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmidlar

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

84 999 000

91 654 000

Andre innbetalingar

17 049 000

14 046 000

Sum overføringsinntekter

102 048 000

105 700 000

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og andelar

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

Sum inntekter

107 332 000

114 954 000

3. Netto endring i kontantbeholdninga

-6 432 000

7 942 000

Tabell 3.18 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap

År 2007

År 2008

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

84 999 000

91 654 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

Sum løyvingar

84 999 000

91 654 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

Bidrag frå private

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

Sum bidrag

0

0

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

8 070 000

15 902 000

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

1 591 000

982 000

Oppdrag frå private

361 000

0

Andre inntekter

12 311 000

6 416 000

Sum oppdragsinntekter mv.

22 333 000

23 300 000

Sum inntekter

107 332 000

114 954 000

Tabell 3.19 Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Rekneskapspost

Rekneskap

Endring

31.12.2007

31.12.2008

2007 – 2008

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

4 490 000

12 428 000

7 938 000

Behaldning på andre bankkonti, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

7 000

11 000

4 000

Sum kontantbehaldning

4 497 000

12 439 000

7 942 000

Avsetjingar til dekning av påløpte kostnader som forfell i neste budsjettår

Feriepengar mv.

5 425 000

5 598 000

172 000

Skattetrekk og offentlege avgifter

4 117 000

4 246 000

129 000

Gjeld til leverandørar

1 709 000

1 975 000

266 000

Gjeld til oppdragsgivarar

-2 409 000

29 000

2 438 000

Anna netto gjeld/fordring som forfell i neste budsjettår

451 000

173 000

-278 000

Sum til dekning av påløpte kostnader som forfell i neste budsjettår

9 293 000

12 021 000

2 278 000

Avsetjingar til dekning av planlagte tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

0

0

Større, påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

Konkrete, påbegynte, ikkje ferdigstilte prosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

2 456 000

2 456 000

Andre avsetjingar til vedtekne, ikkje igangsette formål

0

0

Konkrete, påbegynte, ikkje ferdigstilte prosjekt finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

Sum avsetjingar til planlagte tiltak i framtidige budsjettår

0

2 456 000

2 456 000

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

-4 796 000

-2 038 000

2 759 000

Fri verksemdskapital

0

0

0

Sum andre avsetjingar

-4 796 000

-2 038 000

2 759 000

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig skyldnad knytt til anleggsmidlar

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

Sum langsiktig gjeld (netto)

0

0

0

Sum netto gjeld og skyldnader

4 497 000

12 439 000

7 924 000

Merknader til nøkkeltala

Det er løyvingar frå BLD som utgjer hovedtyngda av inntektene. Som det framgår av tabellen, har Forbrukarrådet ei negativ avsetjing under overskrifta Andre avsetjingar for 2007 og 2008. Dette betyr at dei hadde eit underskot ved inngangen til 2008 og til 2009 som måtte dekkjast av løyvinga for 2008 og 2009. Den økonomiske situasjonen for Forbrukarrådet er betra i 2008 ved at den negative avsetjinga er redusert. Departementet legg til grunn at denne utviklinga held fram i 2009 slik at eigenkapitalsituasjonen er ytterlegare betra ved inngangen til 2010.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Sterkt vern av forbrukarane

Informerte og kompetente forbrukarar

Sterkt vern av forbrukarane

Styrkt forbrukarvern på dei finansielle marknadene

Forbrukarrådet skal spele ei aktiv rolle for å sikre forbrukarrettane i lovutvikling som gjeld den nasjonale og den globale finansmarknaden. Rådet skal identifisere lovbrot og medverke til at føretak etterlever lovbestemte forbrukarrettar. Samtidig skal Forbrukarrådet sikre effektive og uavhengige tilsyn der rettane til forbrukarane er solid forankra, ved å identifisere tiltak der tilsynsmandatet eller tilsynsansvaret er uklart.

Forbrukarrådet skal medverke til at tvisteløysingsinstitusjonane i finansmarknaden (inkludert Forbrukartvistutvalet) er organiserte og arbeider for forbrukarane sitt beste, og at finansverksemdene respekterer utsegnene frå desse institusjonane.

Forbrukarrådet skal medverke til at alle forbrukarar som har kjøpt strukturerte spareprodukt med lånefinansiering, beheld retten til å klage og å få oppreisning der produktet er kjøpt på feil grunnlag. Finansverksemder skal ta vare på fundamentale forbrukarrettar i utviklinga av nye finansielle produkt. Forbrukarrådet skal presentere nøkkelinformasjon om finansielle produkt på ein enkel, tilgjengeleg og synleg måte. I dette arbeidet vil Finansportalen og Forbrukarportalen vere sentrale kanalar. Sparemarknaden og gjeldsproblematikk vil bli prioriterte. Forbrukarrådet vil arbeide for at det blir utvikla betre hjelpemiddel for personar med gjeldsproblem.

Styrkt forbrukarvern ved kjøp av bustad

Forbrukarrådet vil arbeide for at reklamasjonsfristen på nye bustader skal bli forlengd frå fem til ti år. Forbrukarrådet vil også arbeide for å sikre rettane til forbrukarane ved konkursar, mellom anna ved å heve garantisatsane og forlengje garantiperioden ved bustadoppføring. For å auke kvaliteten på leverte tenester vil Forbrukarrådet arbeide for å få etablert ei permanent klagenemnd for handverkartenester på fast eigedom.

Forbrukarrådet vil arbeide for å få etablert obligatoriske tilstandsrapportar ved sal av bustader, og for at det skal bli oppretta eit sentralt, offentleg register der all viktig informasjon om bustader, inkludert tilstandsrapportar, blir registrert og oppbevart. Denne informasjonen skal følgje kvar enkelt bustad i eit Servicehefte for bustaden. Forbrukarrådet vil arbeide for at det blir innført krav i lov eller forskrift om bruk av lydopptak ved bodrundar. Rådet vil også arbeide for ei ytterlegare utviding av Husleigetvistutvalet, slik at husleigekonfliktar kan få ei rimeleg og god løysing utanfor det ordinære domstolsapparatet.

Styrkt forbrukarvern i den digitale marknaden

Forbrukarrådet vil arbeide for at det skal bli etablert gode og effektive tvisteløysingsmekanismar for TV- og Internett-tenester. Forbrukarrådet vil medverke til styrkt forbrukarvern for digitale innhaldstenester, og arbeide for gode og brukarvennlege digitale tenester, medrekna universell og forbrukarvennleg utforming av offentlege nett-tenester. Forbrukarrådet vil arbeide for auka synleggjering og bruk av bransjenormer for nett-tenester, medrekna prinsippa til Post- og Teletilsynet om nettnøytralitet, nettvettreglane til Forbrukarrådet, og bransjenormer for online-lagring av foto. Arbeidet for auka valfridom i marknaden for digital TV- og programdistribusjon vil også bli ført vidare.

Styrkt forbrukarvern med omsyn til mat- og produkttryggleik

Forbrukarrådet vil arbeide for å sikre at produkt skal vere trygge både for forbrukarar og miljø, og for at forbrukarane skal få tilstrekkeleg informasjon til å gjere gode produktval. Det er avgjerande at forbrukarinteressene blir tekne vare på i spørsmål som gjeld produkttryggleik og bruk av skadelege kjemikalium og tilsetjingsstoff. Forbrukarrådet vil arbeide for ein omsetningsstruktur som sikrar eit breitt vareutval og god kvalitet til riktig pris.

Styrkt forbrukarvern i marknaden for persontransport

På drosjemarknaden har forbrukarane svakt vern, og Forbrukarrådet vil derfor arbeide med å få til ei uavhengig klageordning på området. Rådet vil også arbeide for eit prissystem som fremmar konkurransen i drosjemarknaden, og som tek vare på interessene til forbrukarane.

Forbrukarrådet vil arbeide for betre forbrukarvern ved trafikkavvik, betre service, og informasjon til kundane i samband med togreiser.

I samband med overgangen til elektronisk betaling av billettar innanfor kollektivsektoren vil Forbrukarrådet sjå nærmare på mellom anna personvernet til passasjerane.

Styrkt forbrukarvern og personvern for marknadsføring på nett

Forbrukarane etterlèt seg elektroniske spor når dei handlar på Internett og bruker sosiale nettstader som til dømes Facebook. Forbrukarrådet vil arbeide for at desse spora ikkje blir misbrukte i samband med marknadsføring. Det er eit mål å auke medvitet til forbrukarane om kva slags opplysingar dei etterlèt seg ved bruk av slike medium, og at dei også kjenner til at opplysingane kan ha konsekvensar ved marknadsføring.

Informerte og kompetente forbrukarar

Informasjon som fremmar forbrukarmakt

Forbrukarrådet vil gjennom Finansportalen halde fram med å presentere nøkkelinformasjon om finansielle produkt på ein enkel og oversiktleg måte. Portalen skal utviklast vidare ved etablering av samanlikningsverktøy for skade- og personforsikringar. Informasjonen knytt til slike produkt er ofte både kompleks og vanskeleg tilgjengeleg for vanlege forbrukarar. Vidare vil Forbrukarrådet gjere innhaldet på Finansportalen tilgjengeleg via Forbrukarportalen. Rådet ønskjer å utvide tilbodet til også å gjelde informasjon frå liknande marknadsdatabasar innanfor prioriterte område som har stor verdi for forbrukarane. Som eit tiltak for personar som har behov for å føre over pengar til utlandet, vil Finansportalen også utvikle samanlikningsverktøy for betalingstenester ved private overføringar.

Betre forbrukarservice som hjelper fleire forbrukarar raskare

Forbrukarrådet vil utvikle Forbrukarportalen vidare slik at det skal bli enklare for forbrukaren å gjere gode val. Portalen skal årleg ha ein jamn auke i talet på brukarar. For å nå dette målet skal rådet utvikle meir og betre innhald, og tenester som forbrukarane har nytte av. Prinsippet er hjelp til sjølvhjelp, samtidig som det framleis skal finnast tilbod om individuell hjelp gjennom forbrukartelefonen, e-post og personleg frammøte på kontora til Forbrukarrådet.

Meir openheit og meir konkurranse som tener forbrukarane

Forbrukarrådet vil fremme krav til nasjonale og lokale politikarar om auka openheit om korleis tenesteytarar prisar tenestene sine, også innanfor det offentlege. Dette vil bli gjort mellom anna gjennom utgreiingar og testing av praksis.

Forbrukarrådet vil framleis arbeide for større openheit om kvalitet og service innanfor helsesektoren, slik at forbrukarane blir betre i stand til å gjere gode val av helsetenester.

Forbrukarrådet ønskjer å arbeide for auka konkurranse i daglegvarehandelen. Nasjonalt ser Forbrukarrådet ein aukande konsentrasjon av marknadsmakt hos nokre få aktørar. Gjennom samarbeid med ulike aktørar vil Forbrukarrådet arbeide for at forbrukarar kan velje mellom ulike produkt med god kvalitet til konkurransedyktige prisar.

Meir informasjon om berekraftig forbrukarval

Produkttestane til Forbrukarrådet medverkar til at forbrukarane kan gjere informerte miljøval. Både innhald av miljøgifter, graden av resirkulering og energiforbruk er viktige aspekt ved produkttestane. Også i 2010 vil miljøaspektet og stabiliteten til produkt bli testa, slik at forbrukarane kan gjere meir berekraftige val. Eit mål er å auke delen av elektriske produkt som kan gå til resirkulering og forsvarleg avfallshandtering.

Forbrukarrådet ønskjer å auke medvitet om klimautfordringane knytte til kjøp av varer og tenester. Dette skal skje gjennom informasjonsarbeid retta direkte mot forbrukarane, og gjennom samarbeid med andre organisasjonar og næringsaktørar. Forbrukarrådet arbeider for å innføre ei merkeordning for CO2-utslepp ved transport, noko som vil gi forbrukarane høve til å ta kvalifiserte val.

Forbrukarrådet ønskjer også å gjere det enklare for forbrukarane å gjere berekraftige val i samband med handel av daglegvarer. Rådet vil kartleggje om detaljistane legg forholda til rette i daglegvarekjedene, slik at forbrukaren kan ta miljøvennlege og berekraftige val. Arbeidet med å fremme forbrukarinteressene i samband med effektivisering av energiforbruk ved tovegskommunikasjon av energiforbruk i bustader vil bli ført vidare. Forbrukarrådet vil også halde fram med å engasjere seg i arbeidet med å utvikle ein ny standard for lågenergibustader.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter til faste medarbeidarar, godtgjering til medlemmene av styret og andre driftsutgifter i Forbrukarrådet. Vidare skal løyvinga dekkje kostnader med å greie ut aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, og kostnader med å bringe prinsipielle spørsmål inn for domstolane for å få avklart kva som er gjeldande forbrukarrett. Løyvinga skal også dekkje nasjonale utgifter i samband med deltakinga i European Consumer Centres-nettverket.

Løyvinga kan ha kjønnsrelevans, idet Forbrukarrådet – særleg gjennom informasjonsverksemda si – kan medverke til å jamne ut ulikskapar i til dømes kunnskapar som kvinner og menn kan ha om forbrukarspørsmål.

Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter er Forbrukarrådet gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. bevilgningsreglementet § 3, fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva til dei tilsette er regulerte i lov om statens tjenestemenn. Forbrukarrådet leverer årsrapport til departementet, jf. bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.

Forbrukarrådet hadde 136 tilsette fordelte på 124 årsverk per 1. mars 2009. Av dei tilsette var 55 (40 prosent) menn og 81 (60 prosent) kvinner.

Post 51 Marknadsportalar

Posten er nyoppretta. Den føreslåtte løyvinga skal dekkje kostnadene til ordinær drift og vidareutvikling av Finansportalen. Forbrukarrådet vil frå 2010 ta over ansvaret for det faglege innhaldet i portalen og for finansieringa av denne. Av den grunn blir det ført over midlar frå kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid, post 21 til denne posten. Løyvinga dekkjer lønnsutgifter til faste medarbeidarar og andre drifts- og utviklingsutgifter og utgjer 6,96 mill. kroner. Det er også sett av 1,34 mill. kroner til drift av ei ny teneste for samanlikning av kostnader ved å sende pengar til utlandet for privatpersonar. Utviklingskostnadene blir dekte over Utanriksdepartementet sitt budsjettkapittel 165, post 01, med BLD som oppdragsgivar.

Budsjettforslag for 2010 for posten 51 er 8,3 mill. kroner.

Kap. 862 Positiv miljømerking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking

4 341

4 532

4 677

Sum kap. 862

4 341

4 532

4 677

Status for verksemda

Formålet med miljømerking er å stimulere til ei meir miljøtilpassa produktutvikling og eit mindre miljøbelastande forbruk. Dette skal ein oppnå gjennom å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt og å rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftelsen Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svanen, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er også ansvarleg organ i Noreg for Blomen, miljømerkeordninga til EU.

Miljømerking blir leidd av eit styre som består av representantar oppnemnde av BLD, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, LO, Forbrukarrådet, handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2008 om lag 4,3 mill. kroner i statleg driftsstøtte frå BLD. Av desse vart om lag 3 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som ansvarleg organ i Noreg for Blomen. I tillegg fekk Miljømerking 1 mill. kroner frå Miljøverndepartementet etter søknad. Miljømerking fekk 2,2 mill. kroner i statleg prosjekttilsegn i 2008. Dei samla inntektene var på om lag 22 mill. kroner i 2008. Hovuddelen av desse var knytte til lisensiering av Svanen.

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Forbrukarar, innkjøparar og produsentar tek val som medverkar til ei berekraftig utvikling

Mange miljømerkte produkt er synlege på marknaden

Innanfor Svanen vart det vedteke miljømerkingskrav for to nye produktgrupper i 2008. Målet var å utvikle slike krav for tre nye produktgrupper. Ei produktgruppe vart utvida med fleire produkt. To produktgrupper vart lagde ned, medan ei gruppe vart slått saman med ei anna. Ved utgangen av året hadde Svanen gyldige miljømerkingskrav for 66 produktgrupper, mot 67 ved utgangen av 2007.

Det vart i 2008 gitt ut 102 nye lisensar og registreringar for Svanen innanfor ulike produktgrupper. Målet var å gi ut 60 nye lisensar og registreringar. I tillegg vart ei rekkje lisensar og registreringar fornya i samsvar med reviderte og skjerpte miljømerkingskrav. Ei rekkje eksisterande lisensar og registreringar vart utvida med nye produkt. Ved utgangen av året var det totalt 385 gyldige lisensar og registreringar for Svanen i Noreg, mot 328 ved utgangen av 2007.

I 2008 hadde Miljømerking som mål at 90 prosent av befolkninga skulle ha kjennskap til Svanen. Ei undersøking som vart gjennomført, viste at kjennskapen var på 94 prosent. Dette er noko høgare enn i ei tilsvarande undersøking i 2007, da kjennskapen var på i underkant av 90 prosent.

For Blomen er det eit langsiktig mål å auke kjennskapen til 30 prosent. Ei undersøking i 2008 synte at kjennskapen var på 22 prosent, mot 17 prosent i ei tilsvarande undersøking i 2007.

Det var ingen signifikante forskjellar i kjennskapen til miljømerka mellom menn og kvinner.

Miljømerkte produkt er miljøforbetra

For å få til ei kontinuerleg miljøforbetring av varer og tenester blir miljømerkingskriteria reviderte og skjerpte kvart tredje til femte år. I 2008 vart sju kriteriedokument reviderte, medan målet var å revidere ti slike dokument. Avviket frå målet heng saman med at nokre revisjonar vart meir omfattande enn planlagt.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Forbrukarar, innkjøparar og produsentar tek val som medverkar til ei berekraftig utvikling

Mange miljømerkte produkt er synlege på marknaden

Talet på nye produktgrupper det blir vedteke kriterium for

Talet på nye norske lisensar og registreringar for Svanen innanfor ulike produktgrupper

Kjennskapen til Svanen i befolkninga

Kjennskapen til Blomen i befolkninga

Miljømerkte produkt er miljøforbetra

Talet på reviderte kriteriedokument

Talet på fornya lisensar og registreringar

Forbrukarar, innkjøparar og produsentar tek val som medverkar til ei berekraftig utvikling

Mange miljømerkte produkt er synlege på marknaden

Målet om at mange miljømerkte produkt skal vere synlege på marknaden, skal ein oppnå ved å auke talet på lisensierte produkt i Noreg for produktgrupper som det allereie er utarbeidd miljømerkingskrav til. Samtidig bør det utarbeidast miljømerkingskrav for heilt nye produktgrupper, slik at miljømerking får innpass på nye produktområde og stadig fleire produkt kan bli miljømerkte.

I 2010 er målet for Svanen å gi ut 60 nye norske lisensar og registreringar innanfor forskjellige produktgrupper. Fleire lisensar og registreringar går ut i 2010 som følgje av reviderte og skjerpte kriterium for fleire produktgrupper, slik at nettoauken av norske lisensar og registreringar vil vere lågare. Det vil ikkje bli lagt fram for vedtak kriterium for nye produktgrupper i 2010.

For å sikre at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden aukar, er det viktig at forbrukarar og innkjøparar i enda større grad etterspør slike. Høg kjennskap til miljømerka er derfor viktig. For 2010 har Miljømerking som mål at over 90 prosent av befolkninga skal ha kjennskap til Svanen. For Blomen er det eit langsiktig mål å auke kjennskapen til 30 prosent. Det vil bli arbeidd vidare med å auke kunnskapen om og truverdet til merka, ikkje minst om at miljømerking tek klimaomsyn, slik at forbrukarar og innkjøparar i aukande grad etterspør miljømerkte produkt.

Miljømerkte produkt er miljøforbetra

For å få til ei miljøforbetring av varer og tenester blir miljømerkingskriteria reviderte og skjerpte kvart tredje til femte år. I 2010 er målet å revidere 15 kriteriedokument, spesielt med omsyn til å skjerpe klimarelaterte krav og miljøgiftskrav. For å miljøforbetre miljømerkte varer og tenester er det også viktig at lisensar og registreringar som går ut, blir fornya etter dei skjerpte kriteria. I 2010 er målet å fornye 40 lisensar og registreringar.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 70 Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking

Posten dekkjer tilskot til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

21 924

20 903

8 644

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

4 147

4 248

4 384

Sum kap. 865

26 071

25 151

13 028

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Ta vare på interessene og rettane til forbrukarane

Ei lovgiving som tek vare på interessene og rettane til forbrukarane

Ei moderne og effektiv marknadsføringslov

Forslag om ei ny marknadsføringslov vart fremma for Stortinget i Ot.prp. nr. 55 (2007-2008). Den nye lova vart vedteken i desember 2008 og sett i kraft den 1. juni 2009. Lova forbyr mellom anna marknadsføring som er urimeleg eller villeiande, og avtalevilkår som er urimelege for forbrukarane. Dei nye reglane er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett, men det er også fleire endringar. Eit EU-direktiv er innarbeidd i lova, og i tillegg er det lagt til rette for ei meir effektiv handheving og strengare sanksjonar ved brot mot lova.

Det er sikker praksis for at reglane om marknadsføring skal tolkast strengare når marknadsføringa rettar seg mot barn. I den nye lova er denne praksisen lovfesta og synleggjort med særlege reglar om marknadsføring retta mot barn.

BLD har, i samarbeid med Forbrukarombodet, arrangert seminar for næringslivet og andre interesserte om den nye lova.

Tiltak i samband med gjeldsproblema til privatpersonar

BLD sende ei utgreiing om endringar i gjeldsordningslova ut til høyring sommaren 2008. I utgreiinga vart det føreslått å mjuke opp kravet til eigeninnsats for å oppnå gjeldsordning, og at det i einskilte høve skal bli lettare å få sletta gjelda med ein gong. Det vart også fremma forslag om ei rekkje lovendringar som skal gjere oppgjeret av ei gjeldsordning smidigare og meir fleksibelt.

Gjeldsordningslova har no vore i kraft i om lag 16 år, og meir enn 30 000 personar har fått gjeldsordning. Det ser ut til at sjølve gjeldsordninga fungerer bra, men ein veit lite om korleis det går med skuldnarane etter at gjeldsordningsperioden er ute. BLD har derfor bedt Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) om å sjå nærmare på dette i eit forskingsprosjekt. Målet for prosjektet er å gi ei generell vurdering av korleis gjeldsordningslova fungerer som middel til å rehabilitere personar med økonomiske problem. Vurderinga skal baserast på informasjon frå skuldnarar som har gått igjennom ei gjeldsordning.

BLD fekk i 2008 greidd ut om eit såkalla gjeldsregister vil vere eit godt tiltak for å motverke gjeldsproblema i norske hushald. Utgreiinga såg fordelar med eit slikt register, men også mange ulemper, særleg knytte til personvernomsyn. Rapporten konkluderte med at eit gjeldsregister ikkje kan tilrådast. Høyringa av utgreiingsrapporten synte at det var noko ulike syn på gjeldsregisterspørsmålet. Fleirtalet av høyringsinstansane var imot å etablere eit gjeldsregister på grunn av personvernomsyna.

Utgreiing om reglar for bustadtaksering mv.

Takstlovutvalet vart nedsett i 2007 for å greie ut og fremme forslag om reglar som skal gjere det tryggare å kjøpe og selje bustad. NOU 2009:6 Tilstandsrapporter ved boligsalg vart levert til barne- og likestillingsministeren i mars 2009. I denne tilrår utvalet fleire lovendringar, mellom anna av avhendingslova, for å auke bruken av tilstandsrapportar ved sal av bustader. Det blir også føreslått at bustadtakseraren skal undersøkje kor mykje energi bustaden bruker. Undersøkinga skal leggje grunnlaget for eit energisertifikat på bustaden. Opplysingar om radontilhøva i bustaden er eit anna sentralt forslag. Saka vart sendt ut til høyring av Justis- og politidepartementet i juni 2009.

Oppfølging av grønboka til EU om revisjon av forbrukardirektiv

EU-kommisjonen vedtok den 8. oktober 2008 forslag til eit nytt direktiv om forbrukarrettar. Kommisjonen synte til at ulik lovgiving i EU-medlemslanda skaper hindringar for den indre marknaden, og at dette er til ulempe for både forbrukarar og næringsdrivande. Forslaget legg derfor opp til totalharmonisering av lovgivinga; medlemslanda kan ikkje ha andre reglar enn direktivet innanfor områda som dette gjeld for. Etter forslaget skal dei gjeldande direktiva om fjernsal, dørsal, forbrukarkjøp og urimelege avtalevilkår reviderast og slåast saman. Desse direktiva er alle gjennomførte i norsk rett, i lovgiving som høyrer under BLD og under Justis- og politidepartementet.

Hausten 2008 vart forslaget til nytt direktiv gjennomgått og diskutert både i nordiske arbeidsgrupper og i arbeidsgruppa til EFTA om forbrukarsaker. Forslaget vart også sendt ut til alminneleg høyring i Noreg.

I januar 2009 vart det arrangert eit ope dialogmøte om direktivforslaget.

På bakgrunn av høyringsfråsegnene vart det laga innspel til ei felles EFTA-fråsegn, som vart vedteken den 5. mars 2009. I denne fråsegna gir EFTA-landa uttrykk for at dei er skeptiske til totalharmonisering, samstundes som dei føreslår forbetringar. Utgangspunktet for den norske haldninga i denne saka er at forbrukarrettane samla sett ikkje skal svekkjast.

Vidare handsaming av direktivforslaget i EU skjer i Rådet og i Parlamentet. BLD og Justis- og politidepartementet har i 2009 følgt dette arbeidet tett, og brukt ulike kanalar for påverknad for å få til endringar som er i samsvar med norske synspunkt.

Ta hand om og følgje opp det forbrukarpolitiske handlingsprogrammet

I juni 2008 vart det forbrukarpolitiske handlingsprogrammet til regjeringa lansert. Handlingsprogrammet gir ei systematisk oversikt over utfordringar, mål og tiltak som skal ta hand om interessene til forbrukarane i deira kvardag, og innanfor ulike sektorar. Handlingsprogrammet gir også ei kortfatta oversikt over den samla innsatsen til regjeringa på forbrukarområdet.

Våren 2009 vart handlingsprogrammet gjennomgått for å klargjere korleis dei ulike aktivitetane og tiltakspunkta er følgde opp av dei ansvarlege departementa. Gjennomgangen synte at dei fleste aktivitetane og tiltaka var gjennomførte eller komne godt i gang.

Ei forbrukarundersøking som måler kor tilfredse forbrukarane er med 40 ulike marknader, vart publisert i juni 2008. Undersøkinga var resultat av eit samarbeid mellom BLD og Forbrukarrådet, Forbrukarombodet og SIFO, og inspirert av den danske Forbrugerredegørelsen. Dei ulike marknadene vart rangerte ut ifrå parametrane tillit, openheit og klageforhold. I undersøkinga kom pakkereisebransjen best ut, men også bransjane for varige forbruksvarer som møblar, bilar og TV-apparat vart rekna som gode. Fleire handverkartenestegrupper kom dårleg ut. Forbrukarrådet og handverkarbransjen har etter dette sett i gang eit prosjekt for å auke bruken av skriftlege avtalar mellom forbrukar og handverkar.

Internasjonale standardar som tek hand om interessene til forbrukarane

Standardiseringsarbeid går føre seg på eit breitt felt og gjeld både varer og tenester. Med etableringa av den indre marknaden i EU har standardar fått mykje å seie. Ny metode-direktiva byggjer på bruk av standardar for å sikre at produkt er i samsvar med til dømes krav til tryggleik. Alle interessentar som ønskjer det, kan ta del i arbeidet med å utforme standardar. Næringslivet er ofte sterkt representert, og derfor er det viktig å leggje til rette for at forbrukarinteressene også kan få innverknad på arbeidet, slik at standardane blir gode og balanserte. Dette er bakgrunnen for at det er etablert eit forbrukarsekretariat og eit fagråd i Standard Norge.

Målet er å få fleire forbrukarrepresentantar med i standardiseringsarbeidet både nasjonalt og internasjonalt, slik at forbrukaromsyna kan få sterkare gjennomslag ved utforming av standardar. Sekretariatet i Standard Norge har etablert eit nettverk for forbrukarrepresentantar og andre interessentar, eksempelvis tilsynsorgan. Siktemålet med nettverket er å skape auka engasjement i standardisering ut frå eit forbrukarperspektiv, og å dele erfaring, kunnskap og informasjon.

Eit heilskapleg og effektivt system for å løyse forbrukartvistar

BLD vil i 2009 setje ned eit utval for å greie ut det utanrettslege tvisteløysingssystemet for forbrukarsaker. Utgangspunktet for mandatet er at ein modell som kombinerer eit offentleg tilbod gjennom Forbrukartvistutvalet (FTU) og bransjevise nemnder, skal førast vidare. Etter mandatet skal det greiast ut kva for saker som bør omfattast av det utanrettslege systemet, og korleis handsaminga bør leggjast opp for å bli mest mogleg heilskapleg og effektiv både i FTU og i nemndene.

Ei sterk stilling for forbrukarane i informasjonssamfunnet

BLD førte i 2008 vidare eit prosjektsamarbeid med Forbrukarombodet for å styrkje stillinga til forbrukarane på den digitale marknadsplassen. Prosjektet har hatt fleire formål: å motverke svindel og spam på nettet, fremme trygg mediebruk for barn og unge, betre prisinformasjonen og openheita i mobilmarknaden, og sikre rimelege og balanserte kontraktar på den digitale marknadsplassen.

For å gjere mobilbruken til barn sikrare vart det både i 2006 og 2007 samarbeidd med mobilbransjen for å få til betre foreldreinformasjon og alderskontroll. Ei undersøking i 2008 synte at alderskontrollen fungerte dårleg, og som ei følgje av dette vart retningslinjene for mobile innhaldstenester reviderte.

Ta hand om norske forbrukarinteresser i det nordiske samarbeidet og overfor EU og OECD

Det formelle samarbeidet på forbrukarområdet under Nordisk Ministerråd vart nedlagt i 2006. Med bakgrunn i mange positive erfaringar frå dette samarbeidet har Noreg i åra etter delteke i eit uformelt samarbeid for erfaringsutveksling. På det internasjonale planet er dei viktigaste oppgåvene knytte til EØS-avtalen, og til målet om størst mogleg deltaking i aktivitetar for å påverke utforming av regelverk og politikk.

EFTA er framleis grunnlaget for å halde god kontakt og ha nært samarbeid med EU-kommisjonen og sikre deltaking i arbeidsgrupper, ekspertmøte og liknande. BLD tok aktivt del i det omfattande arbeidet med den gjennomgripande revisjonen av EU-regelverket for forbrukarvern og særlig forslaget til direktiv om forbrukarrettar som vart lagt fram i oktober 2008.

Noreg tek del i EU-kommisjonen sitt rammeprogram for forbrukarpolitikk og i den rådgivande komiteen som drøfter løyvingar og aktivitetar som blir finansierte under programmet. Noreg deltek i det europeiske nettverket (ECC-Net) for nasjonale forbrukarkontor. Kontora gir forbrukarane informasjon i samband med handel i og frå andre land og hjelp i tvistar som spring ut av kjøp over grensene. Kontora samarbeider også om å kartleggje og løyse forbrukarproblem i den indre marknaden.

Departementet deltok på dei to halvårlege møta i Komiteen for forbrukarpolitikk (Committee on Consumer Policy) i OECD.

Informerte og kvalifiserte forbrukarar

Skoleelevar som kompetente forbrukarar, som er medvitne mellom anna om samanhengen mellom forbruk og miljø

Saman med dei andre nordiske landa og Estland har Noreg teke initiativ til å utarbeide eit nytt måldokument om innhaldet i forbrukarundervisinga i skolen. Vekta ligg særleg på å få fram bindingane som finst mellom forbruk og miljø, og krava barn og unge møter i det nye digitale medie- og teknologisamfunnet som raskt har vakse fram.

BLD førte, saman med Kunnskapsdepartementet, vidare støtta til EU-prosjektet Consumer Citizenship Network (CCN), som ligg under Sokratesprogrammet i EU. Representantar for 138 fagmiljø og organisasjonar i 33 land er med i dette prosjektet, som blir leidd og samordna frå Høgskolen i Hedmark. Prosjektet vart i 2007 forlengt for ein ny treårsperiode.

Arbeidet med å styrkje forbrukarundervisninga i skolen er ført vidare gjennom eigne fagdagar for lærarstudentar, og ved å leggje til rette for undervisningsstoff på Skolenettet og via Skolemagasinet.

Forbrukarinformasjon som fremmar konkurranse og betre fungerande marknader

Finansportalen (finansportalen.no), som er utvikla av Forbrukarrådet på oppdrag frå BLD, vart opna i januar 2008. Portalen skal gjere det enklare for forbrukarane å samanlikne dei mange og ulike produkta som finst på marknaden for sparing, lån og forsikring, ved å presentere oppdaterte oversikter over vilkår og pris for desse. Større marknadsmakt til forbrukarane med grunnlag i betre kunnskapar kan også føre til større konkurranse mellom bankar og finansinstitusjonar om å tilby betre produkt til lågare pris.

Den første versjonen av Finansportalen omfatta daglegbanktenester og bustadlån. I 2009 har portalen fått funksjonar som gjer det lettare for brukarane å vurdere og gjennomføre byte av bank og samanlikne vilkåra knytte til forsikringsprodukt. Finansportalen er nærmare omtala under kap. 860 Forbrukarrådet.

Eit forbruk som er etisk og miljømessig berekraftig

Medvitne forbrukarar som har informasjon om etiske og miljømessige aspekt ved produkta

BLD gav i 2008, saman med Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet, økonomisk støtte til eit informasjonssamarbeid mellom Stiftelsen Miljømerking, Debio og Fairtrade/Max Havelaar. Målet var å auke medvitet om merkeordningane Svanen, Blomen, Ø-merket og Fairtrade.

Departementet deltek i ei internasjonal arbeidsgruppe som utviklar ein ISO- standard for samfunnsansvaret til alle typar organisasjonar. Det er venta at standarden vil vere ferdig i 2010.

Departementet gav også i 2008 økonomisk støtte til vidare utvikling og marknadsføring av nettstaden etiskforbruk.no, som skal vere eit hjelpemiddel til å velje produkt ut frå etiske og miljømessige kriterium. Nettstaden blir driven i regi av Grønn Hverdag og Etisk Forbrukernettverk.

BLD fekk i 2008 greidd ut kva etiske krav som kan stillast til offentlege innkjøp innanfor gjeldande regelverk. Rettleiinga Etiske krav i offentlige anskaffelser vart lansert i januar 2009. Han vart utforma av Initiativ for etisk handel på oppdrag frå BLD. Rettleiinga syner kva for etiske krav offentlege oppdragsgivarar kan stille til leverandørane sine, kor i innkjøpsprosessen det er tenleg å stille krav, og korleis krava kan følgjast opp. Arbeidet med rettleiinga var ledd i oppfølginga av handlingsplanen Miljø og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser, som gjeld for perioden 2007-2010. Rettleiinga er i 2009 sendt ut til alle kommunar og offentlege verksemder. Frå hausten 2009 har departementet gitt Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i oppgåve å drive opplæring og rådgiving overfor offentlege innkjøparar om sosiale og etiske omsyn i innkjøpsprosessane.

Mål og strategiar

I 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Resultatmål

Delmål

Ei sterk stilling for forbrukarar i samfunnet

Ei lovgiving som tek vare på interessene og rettane til forbrukarane

Eit heilskapleg og effektivt system for å løyse forbrukartvistar

Gode rammevilkår for forbrukarane

Informerte og opplyste forbrukarar

Informasjon er tilgjengeleg for alle grupper forbrukarar

Forbrukarinformasjon som fremmar konkurranse

Barn og unge som kompetente forbrukarar

Eit forbruk som er sosialt og miljømessig berekraftig

Forbrukarar som er medvitne om sosiale og miljømessige aspekt ved produkta

Ei sterk stilling for forbrukarane i samfunnet

Ei lovgiving som tek vare på interessene og rettane til forbrukarane

Følgje opp revisjonen til EU av forbrukardirektiv

EU har sidan 2005 arbeidd med å gjennomgå åtte direktiv om forbrukarvern.

EU-kommisjonen vedtok den 8. oktober 2008 forslag til eit nytt direktiv om forbrukarrettar (jf. også omtale under Resultatrapport 2008/2009). Forslaget legg opp til totalharmonisering av lovgivinga; medlemslanda kan ikkje ha andre reglar enn direktivet innanfor områda dette gjeld for. Etter forslaget skal dei gjeldande direktiva om fjernsal, dørsal, forbrukarkjøp og urimelege avtalevilkår reviderast og slåast saman. Desse direktiva er alle gjennomførte i norsk rett, i lovgiving som høyrer inn under BLD og Justis- og politidepartementet.

Arbeidet med direktivforslaget vil halde fram i Rådet og Europaparlamentet i 2010. Forslaget vil der bli handsama etter framgangsmåten om medbestemming.

Eit nytt direktiv om forbrukarrettar vil få mykje å seie for fleire forbrukarlover under BLD og Justis- og politidepartementet, mellom anna angrerettlova og forbrukarkjøpslova. Dei to departementa vil derfor halde fram med å følgje opp dette arbeidet i 2010, og bruke ulike kanalar for påverknad for å få til endringar som er i samsvar med norske synspunkt. Departementa vil arbeide for at norske forbrukarrettar ikkje skal bli svekte samla sett.

Gjennomgangen av dei åtte forbrukardirektiva har elles ført til at eit forslag til nytt timesharedirektiv vart lagt fram den 14. januar 2009 (sjå omtale nedanfor). Det er også venta at EU-kommisjonen vil leggje fram forslag til nytt pakkereisedirektiv hausten 2010. Dette arbeidet vil bli følgt opp av BLD, som har ansvaret for tidspartlova og pakkereiselova.

Marknadsføringslova – reglar om prisopplysning

Ei ny marknadsføringslov vart sett i kraft den 1. juni 2009. Samstundes vart fleire av forskriftene til lova endra. Prisforskriftene, som var gitt med heimel i den gamle lova, vart ikkje reviderte saman med lova. Forskriftene pålegg tenesteytarar i ulike bransjar å opplyse om prisane på produkta sine på ein nærmare angitt måte. Formålet med forskriftene er mellom anna å gjere det enklare for forbrukarane å samanlikne prisar. Det finst generelle forskrifter om varer og tenester, og særlege reglar på enkelte område som til dømes serveringsstader, elektrisk kraft og tannlegetenester. Heimelen til å gi forskrifter på dette området er den same som før. Likevel er det behov for å gå gjennom forskriftene for å oppdatere dei. Departementet vil sende forslag til nye forskrifter ut til alminneleg høyring i 2010.

Effektiv organisering av Edelmetallkontrollen

Formålet med lova om edle metall er å sikre at varer av gull, sølv og platina har korrekt og tilstrekkeleg finleik, og at varene er riktig merkte. Edelmetallkontrollen, som er ein sjølvfinansierande institusjon, fører tilsynet med varer av edle metall.

Ei lang rekkje andre aktørar enn gullsmedforretningar sel i dag varer av edle metall. Vidare er den internasjonale handelen med varer av edle metall aukande.

Spørsmål om organiseringa av Edelmetallkontrollen og forslag om ei oppdatering av regelverket vart sende ut til høyring i 2009. På bakgrunn av denne høyringa vil BLD, i samråd med Nærings- og handelsdepartementet, vurdere om det framleis bør vere ei kontrollordning for varer av edle metall, og eventuelt korleis ein best mogleg kan kontrollere varer av edle metall. Det vil bli fremma ein lovproposisjon om saka våren 2010.

Nye reglar om timeshare (tidspartar)

Nytt direktiv om timeshare vart vedteke av Europarådet den 18. desember 2008, Direktiv 2008/122/EF.

Bakgrunnen for det nye direktivet er at det i dei seinare åra har vore ei betydeleg utvikling på området. Nye produkt som liknar på timeshare, har kome til. Desse produkta fell ofte utanom verkeområdet til timesharedirektivet, som ble vedteke i 1994, til dømes ferieklubbar (holiday clubs).

Totalt sett vil forbrukarvernet bli styrkt som følgje av det nye direktivet, både nasjonalt og ikkje minst i dei mange tilfella der retten i andre EØS-land skal brukast.

Det vil vere behov for å gjere endringar i tidspartlova i samsvar med det nye direktivet, og departementet vil sende eit forslag til nye reglar ut til høyring.

Eit heilskapleg og effektivt system for å løyse forbrukartvistar

Utgreiing om det utanrettslege tvisteløysingstilbodet

Det er eit viktig forbrukarpolitisk mål at forbrukarane skal ha tilgang på effektiv og rimeleg tvisteløysing.

Tilbodet for utanrettsleg handsaming består hovudsakleg av Forbrukartvistutvalet (FTU) og frivillige nemnder oppretta gjennom avtale mellom Forbrukarrådet og dei einskilte bransjane.

Det har sidan dei første elementa i tvisteløysingstilbodet kom på plass for vel 30 år sidan, ikkje vore gjort ein systematisk og heilskapleg gjennomgang av dette tilbodet. I rapport 4-2007 Å få rett når du har rett har SIFO gjort ei evaluering av delar av det noverande utanrettslege tvisteløysingstilbodet. I rapporten blir det konkludert med at tvisteløysingssystemet alt i alt fungerer bra, men at det på enkelte punkt er rom for forbetringar.

Departementet vil i 2010 få greidd ut korleis FTU og bransjevise nemnder kan utviklast vidare. Det skal mellom anna sjåast på kva for grupper av varer og tenester som bør omfattast av dette systemet, om det bør setjast standardkrav til nemndene sine vedtekter, og om prosedyrane for sakshandsaminga og førebuing av saker i FTU kan gjerast enklare. Utgreiinga skal gjerast av eit offentleg utval med representantar for mellom anna forbrukarinteresser og næringsinteresser.

Gode rammevilkår for forbrukarane

Arbeidet med å utforme nasjonale og internasjonale standardar er ope for alle interessentar som ønskjer å ta del. Representantar for næringslivet er ofte sterkt involverte. Det er derfor viktig å leggje til rette for at forbrukarinteressene også kan få innverknad på arbeidet, slik at ein får gode og balanserte standardar.

Forbrukarsekretariatet i Standard Norge er oppretta for å fremme forbrukaromsyn og stimulere til forbrukardeltaking i standardiseringa. Sekretariatet, som er eit samarbeid mellom BLD, Forbrukarrådet og Standard Norge, vil bli ført vidare i 2010. Sentrale oppgåver for sekretariatet er å koordinere og formidle forbrukarinformasjon som er viktig i standardiseringa. Sekretariatet har vidare ei viktig rolle når det gjeld opplæring av og rettleiing for deltakarar i standardiseringsverksemd.

Det er eit mål at alle grupper av forbrukarar skal ha god tilgang til varer og tenester. Ein måte å sikre dette på kan vere å arbeide for at krav til tilgjenge blir tekne inn i offisielle standardar som gjeld varer, tenester eller verksemder. I denne samanhengen blir tenester vurderte som spesielt relevante. Standard Norge har på oppdrag frå BLD sett i gang eit prosjekt som tek sikte på å kartleggje kva som finst av spesifikasjonar og retningslinjer for tenester på ulike område, og om desse inneheld krav til tilgjenge.

Informerte og opplyste forbrukarar

Informasjon er tilgjengeleg for alle grupper forbrukarar

BLD finansierer eit arbeid med å gjere praktisk forbrukarinformasjon tilgjengeleg for minoritetsspråklege forbrukarar på Forbrukarportalen (forbrukerportalen.no). Informasjon innanfor område som mobiltelefon, husleige, bruktbil, inkasso og privatøkonomi blir lagt til rette og omsett for minoritetsspråklege.

Finansportalen gir informasjon til forbrukarane om prisar og vilkår på ulike finansielle tenester. I 2010 vil det på denne portalen bli mogleg å samanlikne dei totale kostnadene ved pengeoverføringar til bestemte destinasjonsland. BLD og Utanriksdepartementet har teke initiativ til å utvikle tenesta Sending Money Home, som Forbrukarrådet har prosjektansvaret for. Tenesta skal gjerast tilgjengeleg både på norsk og engelsk. Oversikta i tenesta vil vere til nytte mellom anna for innvandrarar som sender pengar til utlandet. Denne typen pengeoverføringar har vore prega av liten openheit og høge transaksjonskostnader.

Forbrukarinformasjon som fremmar konkurranse

Konkurranse i marknadene vil som oftast tene interessene til forbrukarane. Å leggje til rette for informasjon til forbrukarane, og spesielt informasjon om pris, kan bidra til å styrkje konkurransen i marknadene. Internett gir gode høve til å samanstille og presentere konkurransefremmande pris- og marknadsoversikter. Finansportalen, som vart lansert i januar 2008, er eit eksempel. Finansportalen har til no vore drive som eit utviklingsprosjekt i regi av Forbrukarrådet, på oppdrag og med finansiering frå BLD. Det første ordinære driftsåret tek til i 2010, og Forbrukarrådet vil da ta over det driftsmessige ansvaret for portalen (sjå også omtale under kap. 860 Forbrukarrådet).

Departementet vil i 2010 samarbeide med Forbrukarrådet, Forbrukarombodet og SIFO om å utarbeide og presentere ei ny forbrukarundersøking, etter mønster av den som vart lagt fram i 2008 (jf. omtale under Resultatrapport 2008/2009). Formålet med forbrukarundersøkinga er å dokumentere aktuelle forbrukarforhold og -problem, og å skape debatt gjennom å setje ulike forbrukarpolitiske tema på dagsordenen. Ulike marknader vil bli rangerte ut ifrå parametrane tillit, openheit og klageforhold. Undersøkinga vil leggje grunnlaget for å vurdere om det er enkelte marknader ein bør setje inn tiltak mot, for å betre stillinga til forbrukarane.

Barn og unge som kompetente forbrukarar

Reklame og kjøpepress rettar seg både mot foreldre og barn. Både forbruket og marknadsføringa er i stadig endring. Barn og unge er storbrukarar av digitale tenester, og kommersielle aktivitetar er i stadig større grad knytte til Internett og mobiltelefon. Det er i samband med dette viktig å formidle forbrukarkunnskap og ei kritisk haldning både til reklame og spørsmål som rører ved rettar og plikter, personvern, og tryggleiken ved bruk av digitale medium.

Innanfor ramma av Kunnskapsløftet skal skolen gi elevane kompetanse slik at dei er rusta når det gjeld berekraftig forbruk, reklame, kjønnsroller, kjøpepress, personleg økonomi, digitale medium og teknologisk forbrukardugleik. Elevane skal bli i stand til å opptre som medvitne og sjølvstendige forbrukarar.

Forbrukarmåla i Kunnskapsløftet skal fremmast på fleire måtar i 2010:

  • Arbeidet med forbrukarundervisning vil vere retta inn mot å utvikle og formidle undervisningsstoffet. Oppfølginga vil særleg gjelde forbrukarrettar og -plikter, medium og teknologisk forbrukarkunnskap, og kunnskap om berekraftig forbruk.

  • Saman med høgskolane skal det arrangerast eigne fagdagar for lærarstudentane. Målet er å nå alle studentane minst èin gong i studiet.

  • Noreg har teke del i utarbeidinga av OECD sin nye rekommandasjon om forbrukarundervisning, og BLD vil bidra til at denne blir følgt opp nasjonalt. Vidare er det laga ei ny utgåve av eit tidlegare nordisk måldokument for forbrukarundervisning.

Eit forbruk som er sosialt og miljømessig berekraftig

Forbrukarar som er medvitne om sosiale og miljømessige aspekt ved produkta

Strategien til regjeringa for ei berekraftig utvikling framhevar behovet for å endre produksjons- og forbruksmønster. Eit mål i forbrukarpolitikken er å bidra til eit etisk og berekraftig ansvarleg forbruksmønster og forbruksnivå gjennom å gi informasjon, formidle kunnskap og påverke haldningar. Det er viktig å skape ei felles forståing av kva eit etisk og berekraftig forbruk inneber i praksis. Eit endra forbruksmønster og redusert samla ressursbruk vil krevje endringar i både haldningar, åtferd og livsstil.

Ved medviten og koordinert handling kan forbrukarane gjennom sin etterspørsel medverke til å påverke dei næringsdrivande til å endre både produktsortiment og måten produkta blir produserte på. Ein føresetnad er at det finst lett tilgjengeleg, standardisert og kvalitetssikra informasjon om dei vala som er gode for miljøet. Ein måte å formidle denne typen informasjon på er gjennom frivillige merkeordningar. Departementet vil medverke til å styrkje og utvikle dei offisielle miljømerka Svanen og Blomen vidare.

Departementet deltek i eit nordisk samarbeidsprosjekt under Nordisk Ministerråd som skal formulere ein visjon for det nordiske miljømerket (Svanen) fram til 2015. Målet er å presentere ein ny visjon i 2010 om korleis Svanen kan utvikle synergiar med andre miljøinformasjonssystem og styrkje offentlege grøne innkjøp.

BLD deltek i ei internasjonal arbeidsgruppe som utviklar ein ISO-standard for samfunnsansvaret til organisasjonar og bedrifter (ISO 26000). Standarden skal etter planen bli ferdig i 2010.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane på posten blir i hovudsak nytta til å finansiere enkeltprosjekt, medrekna utgreiingar og informasjonstiltak, som blir vurderte som viktige i forbrukarsamanheng. Ressursar blir nytta mellom anna til arbeid med å styrkje undervisninga i forbrukaremne i skolen, til å fremme forbrukaromsyn ved utforming av internasjonale standardar, og til informasjon om miljøkonsekvensar av forbruksval.

Som følgje av at Forbrukarrådet har teke på seg driftsansvaret for Finansportalen, er 8,3 mill. kroner føreslått førte over frå posten til kap. 860 Forbrukarrådet, post 51.

Løyvinga kan ha kjønnsrelevans, særleg ved at informasjonstiltak og tiltak retta mot skolane kan medverke til å jamne ut ulikskapar i kunnskapar og haldningar som kan finnast hos gutar og jenter, kvinner og menn på forbrukarområdet.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Mål

EFTA- og EØS-landa har sidan 2000 delteke i rammeprogrammet til EU-kommisjonen om forbrukarpolitikk, på like vilkår som EU-landa. Rammeprogrammet inneber at høvet for norsk deltaking og medverknad blir forbetra. Midlane under programmet blir nytta til å finansiere EU-kommisjonen sine eigne tiltak, samarbeidstiltak mellom EU-/EØS-statane og støtte til europeiske forbrukarorganisasjonar.

Kriterium for tildeling

Utgiftene Noreg har i dei ulike programma til EU, blir fastsette etter ein fordelingsnøkkel som er nedfelt i EØS-avtalen og vil variere med utviklinga av nasjonalprodukta (BNP) i EFTA- og EØS-landa.

Oppfølging og kontroll

Revisjonsretten i EU og internrevisjonen til EU kontrollerer bruken av budsjettmidlane til dei programma som Noreg deltek i, jf. elles EØS-avtalen.

Budsjettforslag 2009

Løyvingane på posten skal dekkje kostnadene ved deltaking i rammeprogrammet for forbrukarpolitikk til EU. Storleiken på dei årlege bidraga til EU-kommisjonen varierer med svingingane i eurokursen, utviklinga i BNP, den faktiske aktiviteten under programmet og det endelege EØS-budsjettet.

Det blir føreslått ei løyving på 4,4 mill. kroner på posten.

Kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

50

Basisløyving

25 010

25 660

26 481

Sum kap. 866

25 010

25 660

26 481

Status for verksemda

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har til formål å drive forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til stillinga og rolla til forbrukarane i samfunnet. Instituttet medverkar med forskingsbasert kunnskap til styresmakter, politikarar, næringslivet og organisasjonar.

SIFO er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre. Drifta er finansiert med ei basisløyving over statsbudsjettet og med prosjektinntekter. Instituttet utfører prosjekt med finansiering frå statlege verksemder, Noregs forskingsråd, EU, næringslivet og ulike organisasjonar.

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til stillinga og rolla til forbrukarane i samfunnet

Forskingsbasert kunnskap om økonomien, kompetansen og åtferda til forbrukarane

Innanfor fagområdet vart det sett i gang fem nye prosjekt. 16 publikasjonar vart gitte ut, og ved 22 ulike høve vart resultat frå fagområdet formidla gjennom ulike medium.

Etter oppdrag frå BLD presenterte SIFO ei undersøking om kor tilfredse norske forbrukarar er med ulike bransjar (Forbrukertilfredshetsindeksen – FTI). I undersøkinga vart ulike marknader rangerte ut ifrå parametrane tillit, openheit og klageforhold. I undersøkinga kom pakkereiseoperatørane best ut og drosjenæringa dårlegast ut.

Som ein del av den årlege SIFO-surveyen vart det gjennomført ei landsrepresentativ undersøking av forbrukaråtferd. Respondentane svarte mellom anna på spørsmål om økologisk mat og miljø.

SIFO gjennomførte også ein studie om dei tidlege reaksjonane på finanskrisa til hushalda. Denne synte at hushalda hovudsakleg tilpassa seg ved å redusere forbruket.

SIFO deltok i fleire internasjonale prosjekt om finansielle spørsmål og gjeldsproblematikk. I eit dansk prosjekt som instituttet deltok i kom det mellom anna fram at økonomiske vurderingar av gjeld ofte er underordna sosiale mål som gjeldstyngde kjenner dei må oppfylle.

Satsinga på forsking om bruk og meistring av digitale medium vart ført vidare, mellom anna gjennom prosjekt om samfunnsdeltakinga til ungdom på Internett og om nettspelproblematikk blant ungdom.

Kunnskap basert på forsking og testverksemd om samanhengen mellom teknologi, produkt, forbrukskultur og miljø

Innanfor fagområdet vart det sett i gang fem nye prosjekt. Det vart gitt ut 12 publikasjonar, medan det ved 43 høve vart formidla resultat frå fagområdet i media.

Verknadene av forbruk på klimaproblema var eit sentralt tema både i eksisterande og nye prosjekt.

To større EU-prosjekt om forbruk og miljø (ASCEE og SCORE) vart avslutta i 2008. Eitt nytt prosjekt innanfor det sjuande EU-rammeprogrammet for forsking, BARENERGI, vart starta opp, med SIFO som koordinator.

SIFO studerte funksjonelle, tryggleiksmessige og miljømessige eigenskapar ved produkt. Særlig vekt vart lagt på produkt som forbrukarane omgir seg med i heimen.

Eit nytt tverrfagleg prosjekt om forbruk av klede og velvære i Noreg og Sverige vart starta opp, med SIFO som prosjektleiar.

I eit prosjektsamarbeid mellom SIFO og University of Manchester blir marknadsføring av nanoprodukt på forbrukarmarknaden for tekstil og kosmetikk i Noreg og Storbritannia samanlikna.

I 2008 vart det gjennomført to prosjekt om fritidsforbruk og verknadene av dette på miljøet. Det eine prosjektet (Recreational Consumption) studerer korleis fritidsforbruk kan bidra til berekraftig bygdeutvikling og utvikling av lønnsam bygdeturisme og gardsmat. Det andre prosjektet (Leisure and Sustainable Developement: part of the problem or part of the solution?), som SIFO har samarbeidd med Vestlandsforsking om, ser på miljøbelastinga ved fritidsforbruk.

Forskingsbasert kunnskap om forbrukarmarknader og politikk

Innanfor fagområdet vart det sett i gang fire nye prosjekt. Sju publikasjonar vart gitte ut, og ved 56 høve vart resultat frå fagområdet formidla gjennom media.

SIFO fokuserte på rolla og plassen til forbrukarane på matmarknaden.

Instituttet innleidde eit nytt prosjektsamarbeid med Forbrukarombodet om mobilmarknaden. Samtidig vart eit eksisterande prosjektsamarbeid med Konkurransetilsynet om prisstrukturen på brune- og kvitevaremarknaden fordjupa.

SIFO deltok i fleire EU-prosjekt, mellom anna Animal Welfare som ser nærmare på korleis ein kan kome fram til merkeordningar på EU-nivå som kan medverke til å auke medvitet til forbrukarane om dyrevelferd.

SIFO deltok i fleire forskingsprosjekt om kvalitetsmerking av mat. I det eine av desse (Consumer Conceptions of Local Food) kom det mellom anna fram at forbrukarane har ulike oppfatningar av kva som ligg i omgrepet lokale matprodukt.

Kvalitetsmerking var også utgangspunktet for fleire private oppdragsprosjekt.

SIFO var involvert i fleire studiar av forholdet mellom mat og helse, mellom anna i Young Food-prosjektet, som har overvektsproblema blant ungdom som tema. Gjennom prosjektet har det mellom anna kome fram at gutar og jenter har nokså ulike innkjøpsvanar når det gjeld mat; gutar kjøper meir av det som er usunt.

Rapporten Reaksjoner og implikasjoner etter drikkevannsaken i Oslo og eit prosjekt om sportsprodukt gav nye innspel til betraktningar om forbruk, marknad og politikk.

Heve den vitskaplege profilen gjennom kompetanseheving og kvalitetssikring

Fire forskarar frå SIFO disputerte i 2008 til doktorgraden, noko som markerer ei monaleg kompetanseheving. To av desse doktorgradene handla om forbruk blant barn og unge, ei handla om gjeldsproblem og ei om velferds- og bustadpolitikk. Eitt doktorgradsarbeid vart initiert.

Delen forskarar ved SIFO med doktorgrad låg på 50 prosent, medan delen forskarar med forskar I-kompetanse låg på 19 prosent. Av i alt 39 forskarar ved instituttet var 24 kvinner og 15 menn.

Delen prosjekt finansierte av Forskingsrådet låg på 15 prosent av totalbudsjettet til instituttet, eller på 39 prosent om ein ser bort frå basisløyvinga frå departementet. Dette er om lag som i 2007. Delen prosjekt finansierte frå forskingsprogrammet til EU låg på sju prosent, eller på 18 prosent om ein ser bort frå basisløyvinga til instituttet. Dette er noko høgare enn i 2007, då finansieringa frå EU låg på om lag fire prosent av omsetjinga, eller 11 prosent om ein ser bort frå basisløyvinga til instituttet.

SIFO hadde i 2008 19 publikasjonar med fagfellevurdering i internasjonale og norske tidsskrift med referee. Fire artiklar vart publiserte med ekstern medforfattar.

Instituttet fekk i 2008 publisert 13 artiklar i internasjonale tidsskrift, mot 17 i 2007. Det vart likevel levert inn fleire artiklar enn tidlegare, og talet som vart godteke var også monaleg. Det var også ein liten nedgang i talet på SIFO-rapportar, oppdragsrapportar, testrapportar og framlagte papers på konferansar. Nedgangen hadde samanheng med at mange tilsette var involverte i omfattande søknadsprosessar, og med at det vart starta opp mange nye prosjekt som det tek lang tid å få fram resultat frå.

Formidling av forskingsbasert kunnskap om forbrukarspørsmål

Den faglege formidlingsverksemda til SIFO var høg. Fleire av forskarane underviste og førelas på universitet og høgskolar. Det vart gitt rettleiing til mastergradsstudentar, både innanfor og utanfor instituttet. Formidlinga av forskingsresultat gjennom føredrag, kronikkar, populærvitskaplege artiklar og medieomtale var også omfattande. Totalt hadde SIFO 254 publiserte artiklar, rapportar og føredrag i 2008.

Kompetansen til forskarar på SIFO vart ofte brukt i media for å gi utdjupande kunnskapar om forbrukarrelaterte saker. Totalt hadde SIFO 2 083 oppslag i media i 2008, mot 1 657 i 2007.

SIFO var også med på å arrangere fleire konferansar og seminar om ulike forbrukartema, både innanlands og utanlands. Totalt var SIFO i 2008 involvert i 37 eksterne prosjekt.

Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

Finansdepartementet har, i samråd med aktuelle departement og med verknad for statsrekneskapen for 2009, etablert nye prosedyrar for innrapportering av kontantbehaldninga til nettobudsjetterte verksemder per 31. desember. Det er i tilknyting til budsjettproposisjonen for 2010 utarbeidd tre standardtabellar med følgjande nøkkeltal for SIFO:

  • Tabell 3.20 Utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter for verksemda basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter dei prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

  • Tabell 3.21 Inntekter etter inntektskjelde: De fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder og formålet med tabellen er å gi ein oversikt over dei ulike kjeldene.

  • Tabell 3.22 Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.

Tabell 3.20 Utgifter og inntekter etter art

Utgifter/Inntekter

Rekneskap

År 2007

År 2008

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

23 119 499

25 010 714

Varer og tenester

15 239 554

18 102 713

Sum driftsutgifter

38 359 053

43 113 428

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

0

0

Sum investeringsutgifter

0

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege verksemder

0

0

Andre utbetalingar

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og andelar

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

Sum utgifter

38 539 053

43 113 428

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

Refusjonar

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

Sum driftsinntekter

0

0

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmidlar

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

23 979 000

25 010 000

Andre innbetalingar

15 498 375

20 855 389

Sum overføringsinntekter

39 477 375

45 865 389

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og andelar

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

Sum inntekter

39 477 375

45 865 389

3. Netto endring i kontantbeholdninga

1 118 322

2 751 961

Tabell 3.21 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap

År 2007

År 2008

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

23 979 000

25 010 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

180 831

244 497

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

5 762 631

6 299 093

Sum løyvingar

29 922 462

31 553 589

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

Bidrag frå private

7 797 121

5 845 592

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

1 597 792

7 162 208

Sum bidrag

9 394 913

13 007 800

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

Oppdrag frå private

0

0

Andre inntekter

160 000

1 304 000

Sum oppdragsinntekter mv.

160 000

1 304 000

Sum inntekter

39 477 375

45 865 389

Tabell 3.22 Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Rekneskapspost

Rekneskap

Endring

31.12.2007

31.12.2008

2007 – 2008

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

4 531 899

3 076 538

-1 455 361

Behaldning på andre bankkonti, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

3 263 675

7 470 997

4 207 322

Sum kontantbehaldning

7 795 574

10 547 535

2 751 961

Avsetningar til dekning av påløpte kostnader som forfell i neste budsjettår

Feriepengar mv.

2 018 351

2 269 457

251 106

Skattetrekk og offentlege avgifter

1 829 007

1 936 784

107 777

Gjeld til leverandørar

1 067 708

962 274

-105 434

Gjeld til oppdragsgivarar

2 987 065

2 093 117

-893 948

Anna netto gjeld/fordring som forfell i neste budsjettår

-5 103 730

-3 006 928

2 096 802

Sum til dekning av påløpte kostnader som forfell i neste budsjettår

2 798 401

4 254 705

1 456 304

Avsetningar til dekning av planlagte tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

0

0

Større, påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

Konkrete, påbegynte, ikkje ferdigstilte prosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

Andre avsetningar til vedtekne, ikkje igangsette formål

0

0

Konkrete, påbegynte, ikkje ferdigstilte prosjekt finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

Sum avsetningar til planlagte tiltak i framtidige budsjettår

0

0

Andre avsetningar

Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

0

0

Fri verksemdskapital

4 997 173

6 292 830

1 295 657

Sum andre avsetningar

4 997 173

6 292 830

1 295 657

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig skyldnad knytt til anleggsmidlar

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

Sum langsiktig gjeld (netto)

0

0

Sum netto gjeld og skyldnader

7 795 574

10 547 535

2 751 961

Merknader til nøkkeltala

Den viktigaste inntektskjelda for SIFO er løyvinga frå BLD. SIFO har i perioden hatt ein auke i kontantbehaldninga og ein auke i fri verksemdskapital.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til stillinga og rolla til forbrukarane i samfunnet

Vitskapleg kunnskap om

  • samanhengen mellom produkt og miljø

  • forbrukskultur

  • økonomien til forbrukarane og om forbrukarpolitikk

Talet på nye prosjekt og publikasjonar innanfor dei ulike forskingsområda til instituttet

Høg vitskapleg kompetanse og kvalitet på forskinga

Talet på initierte og fullførte doktorgrader innanfor forskingsområda til instituttet

Talet på forskarar med doktorgrad

Talet på forskarar med forskar I-kompetanse / professorkompetanse

Ekstern finansiering og samarbeid med andre forskingsmiljø

Delen finansiering frå Forskingsrådet

Delen finansiering frå EU

Delen andre eksterne inntekter

Talet på samarbeidsprosjekt

Styrkt formidling av forskingsbasert kunnskap om forbrukarspørsmål

Ein høg medieprofil med auka eigenprodusert og forskingsbasert formidling

Talet på publikasjonar med fagfellevurdering

Talet på artiklar med ekstern medforfattar

Talet på pressemeldingar

Forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til stillinga og rolla til forbrukarane i samfunnet

Vitskapleg kunnskap om samanhengen mellom produkt og miljø

Miljøpåverkinga av ulike typar forbruk og føresetnadene for berekraftig praksis vil inngå som viktige problemstillingar i tverrfaglege og komparative studium. Verksemda vil særleg bli retta inn mot miljøbelastingane fritida skaper, energibruken i hushalda, mot klede og andre kroppsnære produkt.

Forholdet mellom tempoet i forbruket og dermed i avfallsproduksjonen og miljøbelastingane og praksisen til forbrukarane vil også bli studert. Det vil bli arbeidd med å utvikle nasjonale og internasjonale prosjekt som nyttar den tverrfaglege kompetansen og breidda i den metodiske tilnærminga til instituttet. Både tryggleiken til produkta og eigenskapane deira i bruk vil få merksemd. I laboratoriet til SIFO vil det særleg bli satsa på testing innanfor produktgruppene tekstil og hushaldskjemikalium.

Vitskapleg kunnskap om forbrukskultur

Mat og bruken av digitale medium er to viktige forskingstema innanfor forbrukskultur. Å studere desse tema som kulturelt forma og med vekt på korleis folk faktisk handlar, ikkje berre seier at dei handlar, vil stå sentralt. Innanfor begge tema vil det vere viktig å finne ut kva tyding kjønn og familien har for praksisen.

SIFO vil – både nasjonalt og internasjonalt – halde oppe sin høge profil på forsking kring matvanar og forbrukarrelevante mattema. Det vil bli forska på kva tyding måltida har i kvardagslivet, og om dei haldningane som finst til maten sin påverknad på kropp, helse og nasjonal kultur. Spørsmål om merking, sporing og opphav er andre tema det vil bli forska på.

Det vil også bli forska på korleis digitale medium blir brukte og verkar inn på kvardagslivet til ulike grupper, som unge, personar med framand etnisk bakgrunn og kvinner.

Vitskapleg kunnskap om økonomien til forbrukarane og om forbrukarpolitikk

Utviklinga i forbrukarkompetansen og åtferda skal følgjast ved å føre vidare SIFO-surveyen. Det er prioritert å utvikle ein empirisk modell for å finne ut meir om kor tilfredse forbrukarane er i ulike marknader.

Standardbudsjettet til SIFO om forbruksutgifter, tydeleggjer samanhengen mellom forbruk og velferd. I 2010 skal standardbudsjettet kvalitetssikrast gjennom både nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid, og gjennom vitskapleg publisering.

Indeksen for kor godt tilfredse forbrukarane er med ulike marknader (FTI), skal utviklast vidare i samarbeid med BLD, Forbrukarombodet og Forbrukarrådet.

Forbruket til barn og unge vil framleis vere eit viktig forskingsområde. Spørsmål knytte til kommersialisering av oppvekstmiljø, barnefattigdom og etniske skilnader i forbruket vil stå sentralt.

Utviklinga i forbruksgjeld og betalingsproblem skal studerast og vere del av eit internasjonalt komparativt samarbeid om velferdsaspekt knytte til forbruksøkonomi og gjeld.

SIFO vil samarbeide med forbrukarorganisasjonane, næringsaktørar og styresmakter om å studere situasjonen for forbrukarane i utvalde marknader. Særleg vil det bli arbeidd med å få ei betre forståing av korleis forbruket blir styrt og regulert gjennom ulike offentlege og private tiltak. Arbeidet vil ta opp spørsmål om regulering på viktige område som mat, forbrukarøkonomi og berekraftig utvikling.

Høg vitskapleg kompetanse og kvalitet på forskinga

SIFO vil byggje opp kompetansen på tre nye strategiske område: regulering, etnisitet og materiell kultur.

Kvaliteten på forskinga skal styrkjast gjennom mellom anna auka vitskapleg publisering i tidsskrift med fagfellevurdering. SIFO vil også knyte seg til ekstern kompetanse og auke kontakten med universitets- og høgskolesektoren gjennom forskarutveksling, bruk av gjesteforskarar og bistillingar.

Ekstern finansiering og samarbeid med andre forskingsmiljø

SIFO har som mål å auke delen av ekstern finansiering. Dette skal sikre kvalitet på forskinga og gjere instituttet mindre avhengig av basisfinansieringa frå departementet. Ein viktig del av dei eksterne inntektene kjem frå Noregs forskingsråd. Desse inntektene er svært viktige for kompetansehevinga til forskarane ved instituttet, sidan dei fleste doktorgrads- og postdoktorprosjekta blir finansierte gjennom Forskingsrådet.

SIFO vil framleis satse på å leie store EU-prosjekt. Instituttet ser på dei som viktige i arbeidet med å internasjonalisere forskinga.

Styrkt formidling av forskingsbasert kunnskap om forbrukarspørsmål

Ein høg medieprofil med auka eigenprodusert og forskingsbasert formidling

SIFO vil ha nær kontakt med forbrukarorganisasjonane og assistere styresmaktene i nasjonalt og internasjonalt forbrukarpolitisk arbeid. Auka omfang på oppdragsprosjekt skal medverke til å styrkje kompetanseoverføringa til brukarar i den offentlege forvaltinga og i næringslivet. Instituttet vil også framleis medverke aktivt i samfunnsdebatten om forbrukarpolitiske spørsmål gjennom forskingsbasert formidling i mange kanalar.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 50 Basisløying

Posten dekkjer utgifter til lønn og godtgjering, og utgifter til drift ved instituttet.

Basisløyvinga omfattar fire hovudelement: løyving til grunnfinansiering av instituttet, løyving til forvaltingsrelaterte oppgåver, løyving til strategisk kompetanseutvikling og løyving til laboratorie- og testverksemda til instituttet.

SIFO har også monalege inntekter frå eksterne prosjektoppdrag.

Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter er SIFO gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. bevilgningsreglementet § 3, fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva for dei tilsette er regulerte i lov om statens tjenestemenn. SIFO leverer årsrapport til departementet, jf. bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.

SIFO hadde 57 tilsette fordelte på 50,4 årsverk per 1. mars 2009. Av dei tilsette var 65 prosent kvinner.

Løyvinga har kjønnsrelevans ved at kjønn er ein sentral variabel i mange av forskingsarbeida som instituttet gjennomfører.

Kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

6 248

7 449

7 536

Sum kap. 867

6 248

7 449

7 536

Status for verksemda

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet (FTU) og Marknadsrådet har i oppgåve å førebu saker som skal avgjerast i FTU og Marknadsrådet. Sekretariatet har ni tilsette. Førebuinga av sakene for FTU legg beslag på størstedelen av ressursane.

FTU, som består av ein leiar, tre nestleiarar og ti medlemmer, handsamar tvistar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og forbrukar, eller mellom private partar. Vedtaka er bindande for partane og får verknad som ein dom, med mindre saka blir brakt inn for tingretten. Ein tvist som forbrukaren ønskjer å bringe inn for FTU, må først ha vore handsama ved eit av regionkontora til Forbrukarrådet.

Marknadsrådet, som består av ein leiar, nestleiar og sju medlemmer med personlege vararepresentantar, handsamar hovudsakleg saker om marknadsføring som blir lagde fram gjennom Forbrukarombodet. I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkeføresegnene i tobakkskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova. Marknadsrådet er også klageinstans for vedtak som Statens medieforvaltning har gjort i medhald av kringkastingslova § 3-1 tredje ledd om reklame for livssyn eller politiske bodskap.

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Eit tilgjengeleg tilbod om forenkla løysing av forbrukartvistar

Effektiv handsaming av saker som blir førte inn for Forbrukartvistutvalet

Sekretariatet tok imot 1 029 saker til handsaming i 2008, mot 920 saker i 2007. Om lag 75 prosent av sakene hadde ei handsamingstid på under seks månader. Sakene hadde i snitt ei handsamingstid på 154 dagar i 2008, mot 152 dagar i 2007. Målet om ei gjennomsnittleg handsamingstid på under seks månader vart med dette nådd. Auken i den gjennomsnittlege handsamingstida frå 2007 heng i stor grad saman med auken i sakstilgangen. Produktiviteten i sekretariatet, målt ved talet på klargjorte saker per veke, synte ein sterk auke gjennom 2008. I andre halvår vart det i snitt klargjort 26 FTU-saker per veke, mot 18 saker i første halvår.

Eit effektivt klageorgan i saker som gjeld marknadsføring og avtalevilkår der omsynet til forbrukarane tilseier inngrep

Effektiv handsaming av saker som blir førte inn for Marknadsrådet

Det kom i 2008 inn 12 saker til Marknadsrådet, mot 15 i 2007. Tre av sakene som kom inn, var såkalla orienteringssaker frå Forbrukarombodet. Marknadsrådet trefte vedtak i seks saker, og ei sak vart lagt til side. Av dei seks sakene med vedtak, vart ei handsama innanfor tre månader. Den gjennomsnittlege handsamingstida var på fem månader og 20 dagar, og målet om ei gjennomsnittleg handsamingstid på under tre månader vart dermed ikkje nådd. Den lange handsamingstida hadde samanheng med at svært mange av sakene var svært tunge og kompliserte.

Det kom i 2008 ikkje inn saker til Marknadsrådet frå Sosial- og helsedirektoratet om alkohol- og tobakksreklame.

Mål og strategiar

I 2010 vil følgjande mål bli prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Effektiv handsaming av saker som blir førte inn for Forbrukartvistutvalet

Sakene som blir førte inn for Forbrukartvistutvalet, har ei gjennomsnittleg handsamingstid på under seks månader

Gjennomsnittleg handsamingstid for sakene som blir førte inn for Forbrukartvistutvalet

Effektiv handsaming av saker som blir førte inn for Marknadsrådet

Sakene som blir førte inn for Marknadsrådet, har ei gjennomsnittleg handsamingstid på under tre og ein halv månad

Gjennomsnittleg handsamingstid for sakene som blir førte inn for Marknadsrådet

Effektiv handsaming av saker som blir førte inn for Forbrukartvistutvalet

Sakene som blir førte inn for Forbrukartvistutvalet, har ei gjennomsnittleg handsamingstid på under seks månader

Målet for FTU er at tilbodet om ei kostnadsfri og forenkla tvisteløysing skal vere allment kjent, at sakshandsaminga skal vere hurtig og god, og at sentrale prinsipp om rettstryggleik skal bli tekne vare på. Ein grunnleggjande føresetnad for funksjonen til FTU som konfliktløysar og førebyggjande organ er at utvalet har tillit, og at organet blir oppfatta som uavhengig og nøytralt. Avgjerdene må ha god kvalitet, noko som mellom anna inneber at dei er forståelege og godt grunngitte.

Sekretariatet vil i 2010 føre vidare samarbeidet med Forbrukarrådet om å betre og effektivisere saksførebuinga og -handsaminga. Målet er å halde den gjennomsnittlege sakshandsamingstida på under seks månader.

Effektiv handsaming av saker som blir førte inn for Marknadsrådet

Sakene som blir førte inn for Marknadsrådet, har ei gjennomsnittleg handsamingstid på under tre og ein halv månad

Marknadsrådet skal vere eit uavhengig og nøytralt organ. Avgjerdene må ha god kvalitet, vere forståelege og godt grunngitte. Det er viktig at sakene kan få ei rask avgjerd med eit eventuelt forbodsvedtak og tvangsgebyr, slik at Forbrukarombodet og Sosial- og helsedirektoratet kan nytte vedtaka i sine tilsyn for å kunne stanse ulovleg marknadsføring effektivt.

I saker for Marknadsrådet som gjeld klage på marknadsføring etter marknadsføringslova, er målet å oppnå ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på tre og ein halv månad, rekna frå sakene kjem inn til Sekretariatet, til vedtaka blir sende ut til partane. For saker som gjeld alkohol- og tobakksreklame, er det ikkje fastsett noko mål for sakshandsamingstida. Dei sakene om alkoholreklame som har vore oppe for Marknadsrådet til no, har vore store og med svært omfattande innlegg frå begge sider. Ein må derfor rekne med noko lengre sakshandsamingstid for desse sakene.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn for faste medarbeidarar og andre driftsutgifter ved Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet. Posten dekkjer også godtgjersle og utgifter til medlemmene i FTU og Marknadsrådet.

Sekretariatet hadde 8 tilsette (8 årsverk) per 1. mars 2009. Av desse var 6 kvinner.

Kap. 868 Forbrukarombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

21 413

19 533

20 888

Sum kap. 868

21 413

19 533

20 888

Status for verksemda

Forbrukarombodet er eit frittståande forvaltingsorgan som er fagleg ansvarleg for sine eigne prioriteringar. Departementet har ansvaret for å føreslå nødvendige utbetalingar til verksemda og å kontrollere bruken av desse.

Forbrukarombodet fører tilsyn med at marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande er i samsvar med marknadsføringslova. Saker som Forbrukarombodet ikkje greier å løyse gjennom frivillige ordningar, kan bringast inn for Marknadsrådet.

Frå 1. juni 2009 gjeld ny marknadsføringslov. Lova inneheld nokre nye materielle reglar, som skjerpa reglar for reklame til barn og nye reglar om telefonsal. Tidligare forbod mot tilgift er oppheva. Lova har nokre nye reglar om sakshandsaming og sanksjonar.

Sakshandsaminga i Forbrukarombodet er gjort meir effektiv for nokre særskild nemnde saker. Marknadsrådet kan framleis fatte forbodsvedtak mot aktuelle tiltak. Saman med forbodsvedtak skal det som hovudregel også fattast vedtak om tvangsmulkt, som den næringsdrivande må betale dersom vedtaket ikkje blir følgt. I tillegg kan det etter den nye lova fattast vedtak om overtredelsesgebyr for lovbrot som allereie har skjedd.

Forbrukarombodet handhevar forskrifter om fibermerking og vedlikehaldsmerking av tekstilar, og er tillagt tilsynet med reglar gitte i medhald av kringkastingslova og kredittkjøpslova. Forbrukarombodet er nasjonalt kontaktpunkt for ehandel etter ehandelslova. Dessutan har Forbrukarombodet ansvaret for å føre tilsyn med marknadsføring av alternativ behandling. Gjennom marknadsføringslova fører Forbrukarombodet også tilsyn med at rettane til forbrukarane i anna lovverk (til dømes angrerettlova) blir tekne vare på.

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Førebyggje og stoppe ulovleg marknadsføring og urimelege kontraktar

Redusert førekomst av lovstridige marknadsføringsmetodar

Redusert førekomst av villeiande samanlikningsprisar og medverke til betre prisinformasjon innanfor prioriterte bransjar

Forbrukarombodet tok opp marknadsføringa av kreditt frå fleire aktørar, ettersom det gjennomgåande ikkje vart gitt god nok informasjon om effektiv rente i marknadsføringa til forbrukarar.

Kredittilsynet fekk, gjennom ei gransking av samansette spareprodukt, stadfesta at mange forbrukarar var blitt villeidde til å lånfinansiere produkt med avgrensa avkastningsutsikter. Marknadsføringa og salet av slike produkt tok dermed slutt etter kvart, og Forbrukarombodet kunne avslutte dei sakene som tidlegare hadde leda til den omfattande granskinga.

Forbrukarombodet tok opp ei rekkje saker som gjaldt marknadsføring av bustad som var i strid med den bransjenorma for marknadsføring av bustader som var utarbeidd året før. Det vart i samarbeid med bransjen utarbeidd endringar i norma. Desse endringane slår fast at ein i marknadsføringa skal opplyse om totalpris, som mellom anna inkluderer del av fellesgjeld.

Det vart gjort forbodsvedtak mot prismarknadsføringa til ein aktør i møbelbransjen, men Marknadsrådet oppheva vedtaket ettersom det meinte at aktøren ikkje kunne skuldast for villleiande bruk av førprisar.

Forbrukarombodet handsama fleire saker om bruk av prisgarantiar i marknadsføringa. Bruk av slike garantiar gir ofte inntrykk av at forretningane er billigare, noko dei som regel ikkje er. Forbrukarombodet vann fram i nokre av sakene, og fekk ei klargjering frå Marknadsrådet om kor grensene for bruk av prisgarantiar går.

Marknadsføring retta mot barn, eller som barn blir utsette for, skal ikkje vere urimeleg

Forbrukarombodet handsama mange saker om mobile innhaldstenester. Desse tenestene er særleg interessante for barn og unge, og det er viktig at marknadsføringa er reieleg både med omsyn til pris og vilkår.

I samband med forslag til ny verjemålslov sende Forbrukarombodet brev til og hadde møte med Justis- og politidepartementet om behovet for ei nærmare avklaring av avtalekompetansen hos mindreårige ved kjøp av varer og tenester via nett og telefon. På den eine sida er det viktig at også barn og unge kan nyte godt av den tekniske utviklinga, men det må samtidig setjast rammer for korleis dei kan gjere dette på ein trygg måte. Forbrukarombodet leier ei nordisk arbeidsgruppe om desse spørsmåla.

Det vart gjennomført ein aksjon som viste at kravet om alderskontroll ved mobiltelefonbruk blant barn ikkje fungerte etter intensjonen. Dette må følgjast opp vidare med bransjen.

Forbrukarombodet deltok i ei arbeidsgruppe som utarbeidde forslag til ei rettleiing om reklame i skolen, som ei oppfølging av lovreguleringa på feltet. Forslaget vart levert til Utdanningsdirektoratet.

Forbrukarombodet fann mykje tv-reklame for usunn mat retta mot barn og unge. Forbrukarombodet har uttrykt uro over dette til regjeringa, og har etterlyst lovregulering av marknadsføring av usunn mat. Forbrukarombodet støttar arbeidet til Helsedirektoratet i WHO med å lage felles europeiske retningslinjer.

Reglane som skal sikre at forbrukarane ikkje mottek uønskt reklame, skal etterlevast

Talet på klagar på telefonsal låg i 2008 framleis på godt over ti prosent av samla tal på klagar til Forbrukarombodet. Det vart skrive ut førelegg mot ein aktør som hadde drive negativt sal av telefoni- og breibandsleveransar til forbrukarar. Forbrukarombodet fekk ikkje gjennomslag for forslaget om å regulere telefonsal på same måten som spam eller reglane mot uadressert reklame.

Talet på klagar på uønskt e-post og SMS-reklame (spam) er framleis høgt, og det vart handsama mange enkeltsaker. Det var også fleire eksemplar på at det vart sendt ut SMS-reklame som mottakarane måtte betale for å ta imot, utan at det var gjort avtale om det. Forbrukarombodet arbeider vidare med telebransjen for å hindre slike lovstridige handlingar.

Anna

Det vart gjennomført kontrollaksjon og teke opp mange saker som gjaldt marknadsføring av alternativ behandling. Forbrukarombodet har i eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet gitt uttrykk for uro når det gjeld regelverket kring alternativ behandling.

Forbrukarombodet handsama mange enkeltsaker der miljøargumentasjon vart brukt i marknadsføringa. Så å seie all villeiande bruk av miljøpåstandar i bilbransjen og i straumbransjen vart stansa i 2008. Retningslinjer for bruk av miljøpåstandar i marknadsføring av energiberarar til bustadoppvarming vart sende ut til høyring. Forbrukarombodet har hatt eit nært samarbeid med dei andre nordiske forbrukaromboda om miljø, og ei ny norsk rettleiing om bruk av etikk- og miljøpåstandar i marknadsføringa er diskutert med dei.

Forbrukarombodet fekk endra bruken av miljøargumentasjon hos busselskap mv. I tillegg handsama Forbrukarombodet klage på at eit kosmetikkfirma brukte påstanden «ikke testet på dyr», og selskapet innretta seg. Bruk av etikkargumentasjon i marknadsføringa av kaffi vart stansa.

Forbrukarombodet sette i gang eit større utgreiingsarbeid om bruk av klimaomgrepet i marknadsføringa som truleg vil avsluttast med ei rettleiing i 2009.

Betre forbrukarrettar i standardkontraktar

Medverke til klare og rimelege vilkår i kontraktar i utvalde bransjar som forbrukarane til kvar tid opplever som problematiske

På bakgrunn av ei konkret klagesak vart det utarbeidd krav til avtalevilkåra for sal av private gjeldsrådgivingstenester.

Forbrukarombodet fekk endra vilkåra for såkalla «kjøpsforsikring», som blir seld saman med elektroniske produkt i butikk.

I regi av Standard Norge vart det utarbeidd fleire kontraktar for oppføring av bustad. Forbrukarombodet medverka aktivt i dette arbeidet. Dette er store og viktige kontraktar for forbrukarane, og det er særleg viktig at vilkåra er klare og balanserte.

I samarbeid med Norsk plastikkirurgisk forening og Norsk forening for estetisk plastikkirurgi vart det utarbeidd ein pasientblankett som gir betre informasjon om kva rettar og plikter partane har ved kjøp av kosmetisk-kirurgiske tenester.

Ein enklare og tryggare Internett-, tv- og telemarknad

Redusere bruken av villeiande samanlikningsprisar og medverke til betre prisinformasjon

Det vart handsama mange enkeltsaker om prisopplysningar i bransjen for elektronisk kommunikasjon, mellom anna fleire saker om lita skrift.

Forbrukarombodet har i 2008 leidd eit samarbeidsprosjekt der Post- og teletilsynet, Forbrukarrådet og SIFO deltok. Samarbeidsgruppa har laga ein rapport der målet har vore å kartleggje forbrukarmarknaden for mobiltelefoni, med vekt på korleis forbrukarar og operatørar opptrer, og korleis forbrukarane kan få oversyn over og høve til å gjere informerte val i denne marknaden. Samarbeidsgruppa har også kome med forslag til tiltak som kan gjere marknaden meir oversiktleg enn han er i dag.

Medverke til klare og balanserte kontraktar for leveranse av Internett-, tv- og teletenester

Stadig fleire forbrukarar har tv (IPTV) og telefoni (breibandstelefoni) inkluderte i breibandsabonnementet sitt, og bruken av kontraktar/tilbydarar som dekkjer fleire tenester, er aukande.

Forbrukarombodet drøfter med dei største aktørane i internettaksessbransjen, viktige prinsipp når det gjeld marknadsføring og vilkår i kontraktar om internettaksess. Problemstillingar ein har diskutert, er mellom anna vilkår for bruk av bindingstid, lengda på bindingstida, suksessiv nedtrapping av oppseiingsgebyr, oppseiingsfristar, einsidige endringar frå tilbydaren, kva rett tilbydaren har til stenging, manglande varsling før endring, manglande opplysningar om gebyr og bruk av omfattande og til dels uklare ansvarsfråskrivingar ved manglar.

Ta hand om forbrukarinteressene i ein tv-marknad i utvikling

I 2008 har lanseringa av det digitale bakkenettet halde fram. Ved kvar dato for stenging av dei analoge tv-signala i eit fylke gjekk Forbrukarombodet ut med informasjon til forbrukarar som stenginga fekk følgjer for. Forbrukarombodet leidde også eit samarbeidsforum med Forbrukarrådet, Post- og teletilsynet, Konkurransetilsynet og Medietilsynet, der ein sentral del av arbeidet har vore å koordinere informasjon om det som skjer i tv-marknaden.

Forbrukarombodet handsama ei rekkje enkeltsaker om villeiande marknadsføring av tv-tilbod, spesielt om mangelfull eller misvisande prismarknadsføring og misvisande opplysningar om at forbrukarane ville få svarte skjermar.

Medverke til ein sikrare mediekvardag for barn og unge

Forbrukarombodet handsama mange saker om mobile innhaldstenester også i 2008. Desse tenestene er særleg interessante for barn og unge, og det er viktig at marknadsføringa er reieleg både med omsyn til pris og vilkår.

Tryggare handel via fjernkommunikasjon

Medverke til tryggare Internetthandel

Saman med reiselivsbransjen vart det utarbeidd og lansert ein bransjestandard for bestilling av flybillettar på Internett som stiller dei same krava til at forbrukarane får god informasjon, og som gir dei same rettane som ved bestilling direkte frå flyselskap.

Forbrukarombodet stilte ferdig ein mønsterkontrakt for netthandel som dei som sel varer på nettet, skal kunne ta i bruk. Kontrakten er ei samanstilling av dei mest sentrale rettane forbrukarane har etter lovgivinga. Bruk av standardkontrakten vil sikre at fleire næringsdrivande og forbrukarar blir klar over kva rettar dei har, og såleis sikre at forbrukarane får dei rettane dei har krav på.

Medverke til at forbrukarar ikkje blir bundne til kontraktar dei sjølve meiner dei ikkje har inngått ved telefonsal (negativt sal)

Forbrukarombodet handsama også i 2008 mange førespurnader om negativt sal. På bakgrunn av dei problema forbrukarane opplever med telefonsal, og dei store ressursane Forbrukarombodet må bruke for å stanse aktørane som står bak dei mest systematiske lovbrota, arbeidde Forbrukarombodet for å få betre forbrukarvern i saker om telefonsal i ny marknadsføringslov. Stortinget gjekk ikkje inn for ei ja-takk-ordning, slik Forbrukarombodet tok til orde for, men det vart vedteke reglar om skriftleg avtaleinngåing ved telefonsal.

Redusert førekomst av urimeleg marknadsføring over landegrensene

Medverke til at norske forbrukarar ikkje blir utsette for urimeleg marknadsføring og svindel via Internett over landegrensene

Samarbeidet mellom tilsynsinstansar i Europa om handsaming av saker om marknadsføring og avtalevilkår (CPC) har kome godt i gang, og Forbrukarombodet har både sendt saker til andre land og motteke klagar på norske næringsdrivande. Forbrukarombodet deltok i ein aksjon i regi av CPC om marknadsføring av mobile innhaldstenester. Fleire saker er no under handsaming hos europeiske tilsynsinstansar som følgje av dette.

Forbrukarombodet tok initiativ til, og leier, ei arbeidsgruppe under CPC som skal kartleggje opplysningar frå flyselskapa om skattar og avgifter og vurdere om dette er i tråd med regelverket. I tillegg leier Forbrukarombodet ei arbeidsgruppe under International Consumer Protection and Enforcement Network (ICPEN) som ser på mogleg samarbeid om til marknadsføringa og avtalevilkåra til flyselskapa.

Det vart halde eitt samarbeidsmøte i Forum Stopp Nettsvindel, og Forbrukarombodet har teke aktivt del i arbeidet i id-tjuveriprosjektet som er sett i gang av NorSIS / Security Valley.

Dei fleste svindelforsøka mot norske forbrukarar kjem via spam. Det vart derfor utarbeidd ei eiga teknisk løysing for mottak av spamklagar på Forbrukerombudet.no.

Det er publisert eit «svindelgalleri» på Forbrukerombudet.no. Her er det samla saman ei rekkje eksempel på svindelbrev som forbrukarar har fått, særleg om falske lotterigevinstar.

Delta i nordisk, europeisk og internasjonalt samarbeid for å påverke utforminga av regelverk og betre rammeverket for handheving av lovbrot

2008 var prega av at det er mykje regelverksarbeid på forbrukarområdet i EU. Forbrukarombodet har skrive høyringsfråsegn til EU-kommisjonen om grønboka om forbrukardirektiva, og om revisjon av direktiva om time-share, pakkereiser og fjernsal. Forbrukarombodet uttrykte uro over forslaget om å totalharmonisere forbrukarretten i Europa.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Redusert ulovleg marknadsføring og færre urimelege kontraktar – ein enkel og trygg forbrukarkvardag

Reduserte førekomstar av lovstridige marknadsføringsmetodar

Vern for forbrukarar i standardkontraktar

Vern for barn og unge som forbrukarar

Vern for forbrukarar på ein europeisk marknad

Redusert ulovleg marknadsføring og færre urimelege kontraktar – ein enkel og trygg forbrukarkvardag

Reduserte førekomstar av lovstridige marknadsføringsmetodar

Alle forbrukarar inngår avtalar om finansielle tenester, anten det er kreditt, lån, sparing, betaling, forsikring eller anna. Det er ofte store og viktige avtalar for den einskilde forbrukar, og det er viktig at opplysingar som blir gitte i marknadsføringa, er eigna til å gi eit riktig bilete av innhaldet i og kostnadene ved tenestene. Forbrukarombodet vil bidra til dette.

Forbrukarombodet vil arbeide vidare for at dei nye reglane om telefonsal skal vere effektive.

Mange forbrukarar er plaga av spam, anten på e-post eller på SMS. Mykje spam inneheld svindelkonsept, gjerne i form av ulike lotteri. Forbrukarombodet handterer kvart år mange klagar på spam, og arbeidet vil halde fram i 2010.

Forbrukarombodet vil bidra til at dei næringsdrivande ikkje nyttar miljø- og etikkargumentasjon på uriktig eller villeiande måte i si marknadsføring, og arbeide for at forbrukarane skal få god og relevant informasjon om etiske og miljømessige forhold ved varer og tenester.

Forbrukarombodet vil arbeide med prismarknadsføring og prismerking. God og riktig informasjon om pris er viktig for forbrukarane når dei skal velje mellom ulike varer og tenester. Forbrukarane blir ofte villeidde av usanne påstandar om sal, førprisar og prisgarantiar. Forbrukarombodet kan medverke til å avdekkje når slike påstandar ikkje er sanne. Problemet finst i dei fleste bransjar, og Forbrukarombodet vil i 2010 prioritere bransjar som er viktige for forbrukarane.

Vern for forbrukarar i standardkontraktar

Forbrukarombodet vil vurdere standardkontraktar på ulike livsområde. Generelt er det viktig at kontraktane er klare og balanserte, og at dei ikkje er urimelege. I 2010 vil Forbrukarombodet arbeide særleg med forsikring og telefoni.

Kjøp av bustad er den største investeringa mange forbrukarar gjer i livet. Mange bruker òg store summar på å leige bustad. Det er derfor viktig at kontraktane som blir nytta, gir forbrukarane god informasjon om kva rettar og plikter dei har, og at dei ikkje inneheld urimelege vilkår. Forbrukarombodet vil sjå nærmare på eit utval av kontraktane, og bidra til å gjere det enklare og tryggare å kjøpe eller leige bustad.

Handel på nett held fram med å auke. Forbrukarombodet vil bidra til at forbrukarane ikkje blir utsette for urimelege kontraktar, og at prosessane for å inngå avtalar er enkle og trygge.

Vern for barn og unge som forbrukarar

Forbrukarombodet vil bidra til å hindre at barn og unge blir utsette for urimeleg eller villeiande marknadsføring.

Den aukande bruken av Internett og mobiltelefon inneber at mindreårige kan inngå avtalar og bruke pengar utan at dei møter seljaren fysisk. Sidan barn ikkje kan stifte gjeld, er det viktig at det finst sikre prosedyrar for å slå fast at bestillar i desse tilfella ikkje er mindreårige, ved til dømes abonnement på innhaldstenester. Stadig fleire barn blir òg oppmoda til å gå inn i krevjande kontraktar, alt frå bankkontraktar til kontraktar om Internett-spel og mobiltelefonabonnement. Slike avtalar er ofte kompliserte og legg stort ansvar på den mindreårige. Forbrukarombodet vil arbeide for å hindre at mindreårige inngår avtalar der dei ikkje har rettsleg kompetanse.

Redusert førekomst av urimeleg marknadsføring over landegrensene

Den nye marknadsføringslova frå 2009 er delvis ein implementering av eit europeisk regelverk som forbyr urimeleg marknadsføring. Samtidig er det allereie på plass eit system der tilsynsmakter tilsvarande Forbrukarombodet i alle dei europeiske landa har ei plikt til å samarbeide i saker der det skjer ulovleg marknadsføring over landegrensene. Forbrukarombodet vil aktivt nytte dette samarbeidet til å stoppe ulovleg marknadsføring eller urimelege vilkår i tilfelle der utanlandske selskap rettar seg mot norske forbrukarar, og der norske selskap rettar seg mot forbrukarar i andre europeiske land.

Forbrukarombodet vil òg i 2010 vere aktive i internasjonale samanhengar mellom anna om fly, barn som forbrukarar, og om miljøargument i marknadsføring.

Forbrukarombodet samarbeider òg med styresmakter utanfor Europa om verdsomfattande forbrukarvern.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Posten skal dekkje lønn til tilsette og andre driftsutgifter ved Forbrukarombodet. Posen er føreslått auka med 0,9 mill. kroner utover prisomrekninga frå saldert budsjett 2009. Ombodet hadde 31 tilsette per 1. mars 2009. Av dei tilsette var 15 kvinner.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Budsjettforslaget på programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon viser ein auke på om lag 11 prosent. Hovudprioriteringa på programkategorien er:

  • Fleire fedrar får rett til fedrekvote der mor har tent opp rett til foreldrepengar i mindre enn halv stilling.

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

11 576 808

12 011 500

13 351 500

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

392 296

400 000

409 500

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

312 659

345 000

380 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

85 058

100 000

75 000

Sum kap. 2530

12 366 821

12 856 500

14 216 000

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Gode moglegheiter for mødrer og fedrar til å kombinere yrkesaktivitet og småbarnsomsorg

Vidareføre ei fleksibel og brukarvennleg foreldrepengeordning

51 575 kvinner mottok foreldrepengar ved fødsel i 2008, 1 292 fleire enn i 2007. 2 678 mødrer og 2 167 fedrar brukte gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel i 2008, ein auke frå 2006 på 183,4 prosent for mødrene og på heile 464,3 prosent for fedrane. Dette har samanheng med meir fleksible reglar for gradert uttak av foreldrepengar frå 1. januar 2007.

Det er likevel berre 5,4 prosent av fedrane og 5,2 prosent av mødrene med foreldrepengar ved fødsel som bruker gradert uttak. 24,8 prosent av mødrene og 21,7 prosent av fedrane med gradert uttak tek ut foreldrepengar med 50 prosent i kombinasjon med 50 prosent arbeid.

Få fleire menn til å ta ut meir enn fedrekvoten

6 638 fedrar tok ut foreldrepengar ved fødsel ut over fedrekvoten i 2008, det vil seie i om lag 16,5 prosent av dei tilfella der mor òg har betalt foreldrepermisjon. At ein så liten del av fedrane tek permisjon ut over fedrekvoten, må mellom anna sjåast i samanheng med at rettane til fedrane i stor grad er bestemte av kva mor gjer etter fødselen. For at far skal kunne ta ut foreldrepengar må mor ut i arbeid, ta offentleg godkjent utdanning på heiltid, ta offentleg godkjent utdanning i kombinasjon med arbeid som til saman gir heiltid, vere for sjuk til å ta seg av barnet eller vere innlagd i helseinstitusjon. Ulike undersøkingar (AFI-rapport 2/2008, NAV-rapport 2/2009) tyder på at også andre forhold enn utforminga av regelverket påverkar korleis foreldra deler permisjonen mellom seg. Mellom anna opplever ein del fedrar motstand frå arbeidsplassen om dei ønskjer å ta ut meir enn fedrekvoten. Det er også slik at foreldra sjølve oftare legg vekt på at far sin arbeidssituasjon gjer det vanskeleg for han å ta ut lengre permisjon, enn omvendt. Foreldra sine haldningar elles spelar også inn.

Det var 1 075 fedrar som tok ut foreldrepengar på sjølvstendig grunnlag i 2008, mot 1 338 i 2006. Dette gjeld tilfella der far, men ikkje mor, har rett til foreldrepengar. 78 prosent av desse fedrane tok ut meir enn 30 dagar i 2008, mot 76 prosent i 2006.

Utvida rettar for fedrar frå 1. juli 2009

Fedrekvoten er utvida frå seks til ti veker for barn fødde 1. juli 2009 eller seinare. Den samla stønadsperioden er samtidig utvida med to veker, til 46 veker med full lønnsdekning eller 56 veker med 80 prosent lønnsdekning. Endringane går fram av Ot.prp. nr. 56 (2008-2009).

For barn fødde 1. juli 2009 eller seinare er stønadsperioden der berre far har tent opp rett til foreldrepengar, utvida med åtte veker, frå 29/39 veker til 37/47 veker. Tidlegare blei stønadsperioden i desse tilfella redusert med det veketalet som er øyremerkt for mor, og vekene som er øyremerkte for far (fedrekvoten). Ein går no bort frå at fedrekvoten skal trekkjast frå der berre far har rett til foreldrepengar. Fedrar sin rett til foreldrepengar på sjølvstendig grunnlag er med dette forbetra og foreldrepengeregelverket gjort enklare og meir brukarvennleg. Endringane går fram av Ot.prp. nr. 56 (2008-2009).

For barn fødde 1. juli 2009 eller seinare kan far ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, dersom mor deltek i introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar eller i kvalifiseringsprogram for personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne. Fedrar i familiar der mor deltek i eit av programma, får same moglegheit til å ta ut foreldrepengar som i familiar der mor er i arbeid eller under utdanning. Endringa inneber ei styrking av fedrar sin rett til å ta ut foreldrepengar. På same tid gjer ein det enklare for kvinner som får barn, å delta i programma. Endringane går fram av Ot.prp. nr. 56 (2008-2009).

Departementet har, saman med Arbeids- og velferdsetaten, starta eit arbeid for å styrkje informasjonen til foreldre om korleis dei kan dele stønadsperioden mellom seg. Arbeids- og velferdsetaten har mellom anna laga ei ny side retta mot fedrar på heimesidene sine.

Departementet har òg hatt eit møte med partane i arbeidslivet om tiltak for meir familievennlege arbeidsplassar, og om kva som kan gjerast for å fremme fedrar sine uttak av foreldrepengar.

Styrkje rettane til sjølvstendig næringsdrivande

Frå 1. juli 2008 fekk sjølvstendig næringsdrivande rett til foreldrepengar og svangerskapspengar med 100 prosent dekningsgrad, avgrensa oppover til 6G. Tidlegare hadde sjølvstendig næringsdrivande rett til 65 prosent dekning og måtte teikne og betale ei tilleggsforsikring om dei ville ha 100 prosent dekning. Endringa gjeld òg sjølvstendig næringsdrivande fedrar, som er sikra 100 prosent dekning under uttak av fedrekvoten og under foreldrepengeuttak som ikkje er fedrekvote.

Tabell 3.23 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga i 2007 og 2008

2007

2008

Endring 2007/2008

Talet på fødslar

57 655

59 655

2 000

Talet på levandefødde barn

58 459

60 497

2 038

Talet på kvinner som avslutta minst éin periode med foreldrepengar ved fødsel

50 283

51 575

1 292

- av desse med 80 prosent lønnskompensasjon

36 395

35 511

-884

Talet på menn som avslutta minst éin periode med foreldrepengar ved fødsel

37 672

40 182

2 511

- av desse med permisjon inntil 24 dagar

8 117

9 941

1 824

- av desse med permisjon inntil 25 dagar

8 660

1 076

-7 584

- av desse med permisjon 26–29 dagar

714

756

42

- av desse med permisjon 30 dagar

13 663

21 772

8 109

- av desse med permisjon 31–39 dagar

1 079

1 182

103

- av desse med permisjon 40–59 dagar

2 654

2 501

-153

- av desse med permisjon 60 dagar eller meir

2 785

2 955

170

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved fødsel for kvinner (kr)

283 390

269 951

13 439

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved fødsel for menn (kr)

387 850

339 938

17 912

Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

2 678

1 777

901

Talet på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

2 167

795

1 372

Talet på fødslar utanfor institusjon

211

354

-143

Talet på kvinner med svangerskapspengar

2 372

2 014

358

- av desse sjølvstendig næringsdrivande

110

87

23

Talet på kvinner som avslutta minst éin periode med foreldrepengar ved adopsjon

416

492

-76

- av desse med 80 prosent lønnskompensasjon

343

300

-43

Talet på menn som avslutta minst éin periode med foreldrepengar ved adopsjon

412

338

-74

- av desse med permisjon inntil 24 dagar

106

101

-5

- av desse med permisjon 25 dagar

73

11

-62

- av desse med permisjon 26–29 dagar

5

5

0

- av desse med permisjon 30 dagar

116

128

12

- av desse med permisjon 31–39 dagar

18

14

-4

- av desse med permisjon 40–59 dagar

25

23

-2

- av desse med permisjon 60 dagar eller meir

69

56

-13

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved adopsjon for kvinner (kr)

305 555

310 399

4 844

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved adopsjon for menn (kr)

353 508

361 208

7 700

Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved adopsjon (kr)

62

85

23

Talet på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved adopsjon (kr)

18

41

23

Talet på kvinner med eingongsstønad ved fødsel

11 926

11 328

-598

Talet på menn med eingongsstønad ved fødsel

14

15

1

Talet på kvinner med eingongsstønad ved adopsjon

8

6

-2

Talet på menn med eingongsstønad ved adopsjon

0

0

0

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad / mor har hatt stillingsdel på under 50 prosent)

1 204

1 075

-129

- av desse med permisjon inntil 24 dagar

155

146

-9

- av desse med permisjon 25 dagar

24

10

-14

- av desse med permisjon 26–29 dagar

24

23

-1

- av desse med permisjon 30 dagar

72

57

-15

- av desse med permisjon 31–39 dagar

94

74

-20

- av desse med permisjon 40–59 dagar

185

145

-40

- av desse med permisjon 60 dagar eller meir

650

620

-30

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Ei god foreldrepengeordning for mødrer og fedrar

Fleire fedrar får rett til fedrekvote

Omfanget av fedreuttak av foreldrepengar

Ei god foreldrepengeordning for mødrer og fedrar

Fleire fedrar får rett til fedrekvote

Gi fedrar rett til fedrekvote der mor har tent opp rett til foreldrepengar i mindre enn halv stilling

Departementet føreslår å gi fedrar som har tent opp rett til foreldrepengar rett til fedrekvote når mor har tent opp rett til foreldrepengar i mindre enn halv stilling. I dag er det eit vilkår for rett til fedrekvote at begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar og at yrkesaktiviteten til mor i oppteningstida har svart til minst halv stilling. At fedrar tidleg tek ansvar for barneomsorg, er viktig for å etablere god kontakt mellom far og barn og gjere tilknytinga til arbeidslivet for fedrane og mødrene meir lik. Fedrekvoten har vist seg effektiv for å auke fedrane sin bruk av foreldrepengar. Forslaget inneber at det vil føreliggje rett til fedrekvote i alle tilfelle der begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar. Endringa vil gi om lag 1 500 fleire fedrar rett til fedrekvote. Departementet føreslår at endringa skal gjelde for fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2010. Departementet vil fremme ein odelstingsproposisjon med forslag til nødvendige lovendringar.

Departementet vil òg arbeide for at fleire fedrar enn i dag tek ut ein større del av foreldrepengeperioden enn fedrekvoten. I regjeringa sin handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner går eitt av tiltaka som BLD har ansvar for på dette. Det går fram av handlingsplanen at departementet i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten vil styrkje informasjonen til foreldra om korleis dei kan fordele stønadsperioden seg imellom. I St.meld. nr. 8 (2008-2009) Om menn, mannsroller og likestilling går det òg fram at regjeringa vil samarbeide med partane i arbeidslivet for å styrkje informasjonen om arbeidstakarane sine rettar med omsyn til å tilpasse arbeid til familieliv, og for å utforme tiltak som stimulerer arbeidsgivarar til å ha ein personalpolitikk med bevisste strategiar for permisjonstakarar og arbeidstakarar med barn.

Departementet vil i samarbeid med organisasjonane i arbeidslivet arrangere ein konferanse i 2010. Konferansen skal bidra til å fremme eit meir familievennleg arbeidsliv mellom anna ved betre informasjon og gode eksempel. Tiltak for å støtte opp om moglegheitene fedrar har til å ta ut meir av foreldrepengane vil òg vere viktige for å fremme eit meir familievennleg arbeidsliv.

Fleire foreldre får rett til foreldrepengar ved at arbeidsavklaringspengar gir opptening

I 2008 blei det vedteke å innføre ein ny stønad, arbeidsavklaringspengar, som skal erstatte attføringspengar, rehabiliteringspengar og tidsavgrensa uførestønad. Det blei samtidig vedteke at arbeidsavklaringspengar skal gi oppteningsrett til foreldrepengar. Innføring av ordninga med arbeidsavklaringspengar er utsett til 1. mars 2010. Endringa vil gi fleire mødrer og fedrar rett til foreldrepengar enn i dag og leggje langt betre til rette i samband med fødsel for familiar der ein av foreldra er ute av arbeid på grunn av helseproblem. Forslaget vil òg gi eit enklare og meir konsistent regelverk.

Stans av offentlege ytingar ved barnebortføring

Utgreiinga om å halde tilbake offentlege ytingar, mellom anna foreldrepengar, og barnebidrag ved barnebortføring er sendt ut til offentleg høyring med høyringsfrist 1. november 2009. Sjå også omtale under kap. 841 Samliv og konfliktløysing, kap. 844 Kontantstøtte og kap. 845 Barnetrygd.

Nærmare om budsjettforslaget

Stønadene under kap. 2530 Foreldrepengar er heimla i folketrygdlova kap. 14 Ytelser ved svangerskap, fødsel og adopsjon.

Mål

Stønadene under dette kapitlet skal kompensere for bortfall av inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og sikre støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Tildelingskriterium

Tildelingskriterium er omtalte under dei enkelte budsjettpostane nedanfor.

Oppfølging og kontroll

Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2010

Departementet føreslår å gi fedrar rett til fedrekvote òg der mora har tent opp rett til foreldrepengar i mindre enn halv stilling, med verknad for barn fødde eller adopterte frå og med 1. juli 2010. Kostnadene i 2010 er rekna til 10 mill. kroner. Overslaget byggjer på dagens omfang av uttak av fedrekvoten. Heilårseffekten er rekna til mellom 40 og 75 mill. kroner.

Frå 1. mars 2010 blir periodar med mottak av arbeidsavklaringspengar rekna med i oppteningstida for rett til foreldrepengar. Stønadsmottakar må ha arbeidsavklaringspengar i minst seks av dei siste ti månadene før stønadsperioden tek til, for å få utbetalt foreldrepengar på grunnlag av denne ytinga aleine. Meirutgiftene over dette kapitlet i 2010 er anslått til 12 mill. kroner, medan heilårseffekten er 100 mill. kroner. Anslaget er vidare auka med 258 mill. kroner grunna følgjande tiltak sett i verk frå 1. juli 2009: Utvida fedrekvote til 10 veker (253,5 mill. kroner), innføring av rett til foreldrepengar til fedre der mor deltar i introduksjonsprogram for nyankomne innvandrarar eller kvalifiseringsprogram for personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne (2,5 mill. kroner) og auka stønadsperiode når berre far har rett til foreldrepengar (2 mill. kroner), jf. Ot.prp. nr. 56 (2008-2009).

Det er lagt til grunn ein vekst i foreldrepengegrunnlaget tilsvarande anslaget på den generelle lønnsveksten frå 2009 til 2010.

Budsjettforslaget byggjer mellom anna på tal frå Statistisk sentralbyrå sin siste befolkningsframskriving.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakar har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei siste ti månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Arbeidsavklaringspengar vil bli likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gi oppteningsrett til foreldrepengar frå 1. mars 2010. Foreldrepengar dekkjer ikkje inntektstap som per år overstig seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6G), jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2009 utgjer grunnbeløpet 72 881 kroner.

For fødslar frå og med 1. juli 2009 er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Ti av desse vekene er øyremerkte far (fedrekvoten). Sidan stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 46 veker, kan det maksimalt bli refundert 386 830 kroner per stønadstilfelle. For barn fødde før 1. juli 2009 er stønadsperioden 44/54 veker. Fedrekvoten er seks veker. For stønadsperiodar på 44 veker kan det maksimalt bli refundert 370 011 kroner per stønadstilfelle. Foreldra kan fordele ein større del av stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13.

For fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2010 vil det etter regjeringa sitt forslag liggje føre rett til fedrekvote i alle tilfella der begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar. For fødslar og omsorgsovertakingar før 1. juli 2010 ligg det føre rett til fedrekvote når begge har tent opp rett til foreldrepengar og yrkesaktiviteten til mor i oppteningstida har svart til minst halv stilling.

For fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2009 blei stønadsperioden der berre far har tent opp rett til foreldrepengar utvida med åtte veker til 37/47 veker, jf. folketrygdlova § 14-14. Frå same tidspunkt fekk fedrar rett til å ta ut foreldrepengar dersom mor deltek i introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar eller kvalifiseringsprogram for personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, jf. folketrygdlova § 14-13.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med skriftleg avtale med arbeidsgivar om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir òg rett til å utsetje stønadsperioden når den som mottek foreldrepengar, er i arbeid på heiltid. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast tre år etter fødselen. Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar som blir ytte i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt etter reglane i folketrygdlova § 14-17 til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar. Eingongsstønaden blir føreslått vidareført nominelt frå 2009 til 2010, og er på 35 263 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt ein eingongsstønad per barn. Under post 71 høyrer òg stønad ved fødsel utanfor institusjon, jf. folketrygdlova § 5-13, som blir ytt til kvinner som ikkje er innlagte på sjukehus eller fødestue i samband med fødselen. Stønaden er på 1 765 kroner.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir ytt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei første 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt redusert lønnskompensasjon (80 prosent).

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir ytt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år.

For omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2009 er stønadsperioden 43 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 53 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Fedrekvoten er på ti veker. Sidan stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 43 veker, kan det maksimalt betalast ut 361 602 kroner per stønadstilfelle. Sjå elles omtalen under post 70.

For omsorgsovertakingar fram til 1. juli 2009 er stønadsperioden 41 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 51 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Fedrekvoten er på seks veker. Sidan stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 41 veker, kan det maksimalt utbetalast 344 783 kroner per stønadstilfelle.

Til forsida