Del 3
Omtale av særlege tema
4 Likestillingsomtale
Likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova pålegg offentlege styresmakter å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling på alle politikkområde.
Full likestilling mellom kvinner og menn er eitt av hovedmåla for Barne- og likestillingsdepartementet. Departementet har ei særleg pådrivarrolle for å integrere kjønns- og likestillingsperspektivet på alle politikkområde og forvaltingsnivå. Likestilling handlar om begge kjønn; det er framleis eit mål å betre kvinners situasjon, men det er også viktig å ha eit mannsperspektiv i likestillingsarbeidet.
4.1 Integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i budsjettet
Familie- og likestilling
Sjølv om vi har oppnådd mykje i likestillingsarbeidet, er vi ikkje i mål med full likestilling mellom kvinner og menn i Noreg. Likelønnskommisjonen har dokumentert eit lønnsgap mellom kvinner og menn som ikkje kan forklarast med arbeidstid, utdanningslengde eller yrkeserfaring. Kvinner er overrepresentert som ofre for vald i nære relasjonar og valdtektar. Fleire indikatorar viser at kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn skårer dårleg på likestilling. Menn på si side skårer negativt på fleire statistikkar; som valdsutøvarar, på kriminalstatistikken, på ulykkesstatistikken og fråfall frå videregåande skule. Også gutar og menn blir utsette for vald i nære relasjonar, seksuelle overgrep og valdtekt, og har behov for hjelp og oppfølging. Uttak av foreldrepengar er ein indikator på likestilling mellom foreldre. Trass i at foreldra kan dele permisjonen og dei fleste fedrar tar fedrekvoten, tar mødrer i dag seks gonger lengre foreldrepermisjon enn fedrar. Statistikken viser samtidig at kvinner i langt større grad (2/3) enn menn (1/3) er den parten som tar kontakt med familievernkontor for å få hjelp i samband med samlivsproblem.
Departementet arbeider for eit meir likestilt foreldreskap og vil styrkje fedrane sin rett til foreldrepengar. Det er og eit mål å leggje til rette for at barn kan ha god kontakt med begge foreldra, sjølv om foreldra ikkje lever saman. Vidare vil departementet arbeide for eit meir familievennleg arbeidsliv, der både kvinner og menn skal kunne kombinere arbeid og omsorg. Andre prioriterte mål er at familievernet sine tilbod skal bli meir kjent for menn, menn skal ha reell tilgang til krisesentra, og menn som har vore utsette for incest skal ha eit betre tilbod.
Som ein del av den regionale satsinga, vil BLD fortsatt støtte dei regionale likestillingssentra. I 2010 skal det gjennomførast ei evaluering av sentra.
Departementet vil, i samarbeid med partane i arbeidslivet, arrangere ein konferanse om familievennleg arbeidsliv. Ei arbeidsgruppe oppnemnd av BLD utarbeider anbefalingar til korleis statlege arbeidsgjevarar skal utvikle ein familievennleg personalhandsaming. Som oppfølgjing av stortingsmeldinga om menn blir det gjennomført tiltak retta mot menn, som skal bidra til å styrkje mannsrolla og fremme likestilling mellom kjønna. For eksempel skal det utviklast eit landsdekkjande tilbod til fedrar om pappagrupper med sikte på å styrkje farsrolla. Vidare skal det gjennomførast ei utgreiing om korleis gutar brukar det kommersielle valdstilbodet og om gutars valdsforståing og valdsutøving. Det er føreslått endringar i barnelovas reglar om foreldreansvar, fast bustad og samvær som søker å støtte opp under ei samfunnsutvikling der begge foreldres tid, ansvar, omsorg og medbestemmelse over vesentlege sider av barnets liv står sentralt. Det er mellom anna føreslått ei varslingsplikt for begge foreldre før flytting og ein moglegheit for domstolane til å avgjere at barnet skal bu fast hos begge foreldra. For å auke fedrar sitt uttak av foreldrepermisjon, føreslår departementet å gi rett til fedrekvote der begge foreldra har opptent rett, uavhengig av mora sin stillingsdel i oppteningstida med verknad for fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2010. BLD har lagt fram forslag om å lovfeste eit forbod mot å spørje om graviditet, adopsjon og familieplanlegging i tilsetjingsprosess. Familievernet arbeider med å gjere tenesta betre tilpassa menns behov. Støtta til Universitetet i Oslo til eit professorat i mannsforskning og til Reform – ressurssenter for menn held fram.
I juni 2009 vedtok Stortinget lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova). Formålet med lova er å sikre at kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, får eit godt og heilskapleg krisesentertilbod. Med denne lova blir også menn som har vore utsett for vald i nære relasjoner, ivaretekne. Barne- og likestillingsdepartementet skal gjennomgå Nordlandsforskning si evaluering av incestsentra for å betre incestsentra sine tilbod, organisering og samarbeid med hjelpeapparatet elles. Med støtte frå Barne- og likestillingsdepartementet arrangerte Kirkens ressurssenter, i januar 2009, ein internasjonal konferanse om seksuelle overgrep mot gutar og menn.
BLD skal ha eit ideutvekslingsmøte med kvinneorganisasjonane om korleis vi kan betre kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn sin situasjon i likestillingssamanheng. Det vil bli oppnemnd eit panel som skal arbeide ut forslag til tiltak.
Barne- og ungdomstiltak
Departementet legg vekt på å stimulere til likeverd og likeverdige moglegheiter for jenter og gutar. Dette blir mellom anna følgt opp gjennom ulike tilskotsordningar og gjennom dialog og kontakt med ungdomsmiljø. Til dømes er likeverd og likeverdige høve for jenter og gutar eit kriterium det blir lagt vekt på i BLDs tilskotsordning Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, som rettar seg mot 23 bykommunar. Her blir det kvart år gitt støtte til fleire prosjekt som bidreg til å sikre dette. Temaet blir òg teke opp på konferansar BLD arrangerer, konferansar retta både mot barne- og ungdomsmiljøet og mot kommunesektoren. Kjønnsperspektivet er òg teke hand om i arbeid retta mot mobbing og trakassering blant barn og unge. Departementet legg vekt på å vere merksemd på den retten barn og ungdom av begge kjønn har til deltaking og innverknad i kvardagslivet og på samfunnsutviklinga. Òg når det gjeld forsking, utvikling av statistikk og anna kunnskapsinnhenting om barn og unge legg departementet vekt på å få informasjon om både jenter og gutar.
Barnevernet
Barnevernstenesta gir vern og omsorg til dei mest utsette barna og familiane deira, både barn som opplever omsorgssvikt, og barn som har alvorlege åtferdsproblem. Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2008 viser at det framleis er fleire gutar enn jenter som mottek tiltak av barnevernet. I 2008 var det rundt 54 prosent gutar og 46 prosent jenter som fekk eit eller anna barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga er den same dersom ein ser på talet på barn som var nye i barnevernet.
Eit hovudmål for tenesta er å gi god og tilpassa hjelp, ubunden av kjønn, etnisitet, funksjonsevne og seksuell orientering, og utan omsyn til kor i landet dei bur. Det er små kjønnsskilnader både når det gjeld talet på plasseringar i fosterheim og i bruken av fleire typar av hjelpetiltak. Men det er ei lita overvekt av gutar i barnevernsinstitusjonar, høvesvis 53 prosent gutar og 47 prosent jenter. Det er også ein tendens til at gutar oftare har hjelpetiltak som støttekontakt og/eller besøks- og avlastingsheim enn jenter. Dei mottek også oftare behandlingstilbod som MST (multisystemisk terapi, 58 prosent gutar), PMTO og liknande.
BLD og Bufdir vil framleis ved utvikling av barnevernstiltaka ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønn der det er behov. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette eksempelvis i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.
Kvinner er i fleirtal blant dei tilsette i barnevernstenesta. Ved årsskiftet 2008/2009 var 35 prosent av dei tilsette i tenesta menn og 65 prosent kvinner. BLD og Bufdir arbeider mot å få til ei jamnare kjønnssamansetjing blant dei tilsette slik at brukarane i større grad kan bli møtt av begge kjønn. Blant tilsette med etnisk minoritetsbakgrunn er det ei jamnare fordeling mellom kvinner og menn: 42,2 prosent menn og 57,8 prosent kvinner. Eit ekspertutval har gjennomgått grunnutdanninga i barnevernet, jf. innstillinga frå utvalet, NOU 2009:8 Kompetanseutvikling i barnevernet. Kvalifisering til arbeid i barnevernet gjennom praksisnær og forskningsbasert utdanning, som låg føre den 30. april 2009 (sjå òg omtale i kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet). Utvalet tilrår mellom anna å styrka innsatsen for å rekruttere fleire menn og personar med minoritetsetnisk bakgrunn til barnevernsutdanninga. Departementet vil vurdere korleis utgreiinga skal følgjast opp vidare i samarbeid med KD.
Det er knytt særlege utfordringar til tilrettelegging for begge kjønn i omsorgstilboda for einslege, mindreårige asylsøkjarar, jf. kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar. Det kjem mange fleire einslege, mindreårige gutar enn jenter. Om lag 85 prosent er gutar. Det må takast omsyn til dei kulturelle forskjellane mellom jenter og gutar som desse barna er vande med, når ein planlegg for eksempel butilbod.
Bufdir har eit hovudansvar for implementering og vidareutvikling av eit foreldrerettleiingsprogram. Eit mål i programmet er at heile landet skal få eit likeverdig tilbod om foreldrerettleiingskurs. Det er likeins eit mål å få til grupper sette saman av begge kjønn, og eventuelt opprette eigne pappagrupper der det er behov for det (jf. kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet).
4.2 Likestilling internt i BLD
Den reviderte likestillingslova av 2002 stiller krav til alle verksemder om å rapportere om status for likestillingsarbeidet.
4.2.1 Statistiske data
Det har vore ein auke i delen av menn i departementet, frå 25 prosent i 2003 til 34 prosent i 2008. Kjønnsfordelinga i BLD er likevel framleis skeiv.
Kjønnsfordelinga varierer mellom avdelingane, frå 26 prosent til 52 prosent menn. Det er fleire kvinner enn menn i dei lågast lønna stillingsgruppene, særskilt gjeld det kontorstillingane. Vidare er det ein relativt større del menn i enkelte av dei høgst lønna stillingsgruppene, der 50 prosent av ekspedisjonssjefane og 43 prosent av seniorrådgivarane er menn. Delen mannlege seniorrådgivarar har auka med 5 prosentpoeng sidan 2007.
Ser ein på departementet samla, ligg gjennomsnittslønna til menn 1,5 lønnstrinn høgare enn gjennomsnittslønna til kvinner. Dette er det same som i 2007. Hovudforklaringa på lønnsskilnaden er den høge delen kvinner i dei lågare stillingskategoriane. Ser vi på dei ulike stillingskategoriane, er det ingen vesentlege skilnader i avlønning av kvinner og menn.
Overtidsstatistikken for 2008 syner at det er godt samsvar mellom delen kvinner i departementet og delen kvinner som arbeider overtid.
Departementet har i dei siste åra hatt som mål å betre den interne kjønnsbalansen, og har bevisst gått inn for å rekruttere fleire menn. Menn har i stillingsannonsane vorte oppfordra til å søkje. Dette gjeld særskilt i avdelingar og type stillingar der delen av kvinner er høg. Departementet har også vore bevisst på å innkalle kvalifiserte mannlege søkjarar til intervju. Det har vore ein nedgang i delen mannlege søkjarar til stillingar i departementet samanlikna med året før, frå 38,5 prosent i 2007 til 32,4 prosent i 2008. Det har også vore ein nedgang i delen tilsette menn, frå 33 prosent i 2007 til 30 prosent i 2008. Målsetjinga om å rekruttere fleire menn kan ikkje gå utover kvalifikasjonsprinsippet, nemleg at den best kvalifiserte søkjaren skal tilsetjast. Departementet har i 2008 praktisert moderat kjønnskvotering. Det vil seie at dersom ein kvinneleg og ein mannleg søkjar er likt kvalifiserte for stillinga, er det mannen som skal tilsetjast.
4.2.2 Mål
BLD vil i 2010 framleis aktivt søkje å rekruttere kvalifiserte menn, slik at kjønnsbalansen i departementet blir betra.
Tabell 4.1 Tilsette/årsverk etter kjønn, tenesteforhold og etat per 1. mars 2009
Tilsette | Talet på årsverk totalt | Menn | Kvinner | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | Av desse | Årsverk menn | I alt | Av desse | Årsverk kvinner | |||||
Heiltid | Deltid | Heiltid | Deltid | |||||||
Barne- og likestillingsdepartementet | 174 | 164 | 34 % | 88 % | 12 % | 35 % | 66 % | 76 % | 24 % | 65 % |
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | 177 | 171 | 37 % | 95 % | 5 % | 37 % | 63 % | 87 % | 13 % | 63 % |
Barne-, ungdoms- og familietaten | 4 696 | 4 136 | 34 % | 72 % | 28 % | 34 % | 66 % | 71 % | 29 % | 66 % |
Barneombodet | 13 | 12 | 15 % | 100 % | 0 % | 17 % | 85 % | 73 % | 27 % | 83 % |
Forbrukarombodet | 31 | 30 | 52 % | 94 % | 6 % | 53 % | 48 % | 87 % | 13 % | 50 % |
Forbrukarrådet | 136 | 124 | 40 % | 82 % | 18 % | 41 % | 60 % | 69 % | 31 % | 58 % |
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker | 83 | 78 | 23 % | 89 % | 11 % | 23 % | 77 % | 78 % | 22 % | 77 % |
Likestillings- og diskrimineringsombodet | 47 | 45 | 28 % | 100 % | 0 % | 29 % | 72 % | 79 % | 21 % | 71 % |
Likestillings og diskrimineringsnemnda | 2 | 1 | 50 % | 0 % | 100 % | 0 % | 50 % | 100 % | 0 % | 100 % |
Sekretariatet for marknadsrådet og forbrukartvistutvalget | 8 | 8 | 25 % | 100 % | 0 % | 25 % | 75 % | 83 % | 17 % | 75 % |
Statens institutt for forbruksforsking | 57 | 50 | 35 % | 75 % | 25 % | 34 % | 65 % | 84 % | 16 % | 68 % |
5 Forsking og utvikling
God forskingsbasert kunnskap gir eit sikrare grunnlag for politiske og faglege avgjerder. Slik kunnskap er nødvendig for at departementet skal kunne utvikle vidare politikken på sine ansvarsområde. BLD har såleis som målsetjing å ta i bruk relevant FoU-basert kunnskap i alle vurderingar. Departementet arbeider for å skaffe fram ny kunnskap på aktuelle saksområde, og for å sikre at kunnskap om og for sektoren blir oppdatert med jamne mellomrom. Dette skjer både gjennom langsiktige løyvingar til programforsking i Noregs forskingsråd og gjennom direkte prosjektløyvingar til fagmiljø i institutt-, universitets- og høgskolesektoren. I tillegg til å skaffe fram ny kunnskap kan dei same miljøa utføre oppdrag for departementet, som å utarbeide kunnskapsstatusar, gjere utgreiingar, gjennomføre kartleggingar og innhente statistikk. På fleire av ansvarsområda til departementet blir forsøk og utviklingsarbeid nytta for å forbetre og reformere metodar og tenester. Forskingsbasert kunnskap vil ofte vere eit nødvendig grunnlag for dette arbeidet, samtidig som forsøk og utviklingsarbeid bidreg til kunnskaps- og erfaringsproduksjon. Forskingsbaserte evalueringar blir nytta for å undersøkje om tenester og ordningar har behov for fornying og forenkling. BLD tek også ansvaret for den langsiktige kompetanseoppbygginga i FoU-miljøa gjennom å gi støtte til ulike kompetansesenter og universitets- og forskingsinstitutt.
Departementet legg stor vekt på å utvikle eit barnevern bygt på kunnskap. Satsinga på målretta FoU-arbeid med praksisrelatert forsking, utvikling av tiltak bygde på kunnskap, kunnskapsspreiing og implementering er grunnsteinen i eit kunnskapsbasert barnevern. Kunnskap frå forsking skal nyttast for å sikre gode og individtilpassa tenester til barn, unge og familiane deira. I dei siste åra er det satsa på bruk av tiltak som gjennom forsking kan dokumentere positive effektar for einskilde målgrupper innanfor barnevernet. Dette gjeld spesielt behandlingsmetodane PMTO, MST og FFT.
BLD vil i 2010 ha ein gjennomgang av ansvarsdelinga for forsking på barnevernsområdet. Det vil vere naturleg å vurdere om Bufdir skal få eit større ansvar for forsking på faglege metodar, samstundes som ein vurderer om og korleis andre instansar, for eksempel Forskingsrådet, kan bidra til å vurdere kvaliteten på forskinga.
Saman med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har BLD lagt fram ein revidert langsiktig forskings- og utviklingsstrategi på barnevernsfeltet for perioden 2009–2012. Siktemålet med strategien er å utvikle og styrkje forskingsmiljø gjennom systematisk satsing på å hente inn, bruke og setje i verk forsking for å utvikle vidare tenestene (sjå utfyllande tekst under kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet og kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet).
BLD ser det som viktig å støtte opp om forsking som bidreg til å skaffe fram kunnskap om korleis samfunnsendringar påverkar barn og ungdoms oppvekst og levekår.
BLD arbeider for å motverke utstøyting og bidra til utjamning av skilnader i levekår blant barn og unge. Det er sett i gang ei særskild satsing kalla Unge utenfor retta mot ungdom i alderen 15 til 25 år som står utanfor opplæring og arbeidsliv. I arbeidet med å styrkje tiltaksapparatet til denne gruppa er det behov for kunnskap bygd på forsking om tiltak og oppfølging som har vist seg å fungere. BLD har såleis teke initiativ til eit forskingsprosjekt som vurderer og evaluerer resultat av alternative kvalifiseringstiltak retta mot unge som står utanfor opplæring og arbeidsliv. Forskingsprosjektet blir gjennomført av Arbeidsforskingsinstituttet i perioden august 2009 til august 2010.
Departementet har i 2006–2008 delteke i finansieringa av datainnsamlinga til LOGG-databasen (Studien av livsløp, generasjon og kjønn). Datainnsamlinga vart gjennomført av Statistisk sentralbyrå og NOVA. 15 140 personar over 17 år vart intervjua per telefon. Største delen av desse personane har også svart på eit spørjeskjema. Det er i tillegg kopla på ei rekkje opplysningar frå administrative register. LOGG-data kan gi oss ei forståing av korleis folk og familiar lever i dag, og kva konsekvensar dette kan få for utforminga av politikken. Departementet har gitt midlar til fleire analysar av dette materialet. Sjå kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. for meir omtale av prosjektet. Departementet vil også i 2010 stille midlar til disposisjon for ytterlegare analysar av LOGG-databasen.
Det er nødvendig å auke kunnskapen om diskriminering i arbeidslivet. BLD har sidan 2009 finansiert prosjektet Diskrimineringens art, omfang og årsaker. Hensikta med prosjektet er å få fram ny kunnskap om diskrimineringas mekanismar på den norske arbeidsmarknaden. Studien skal avdekkje omfang av etnisk diskriminering, undersøkje kva former for diskriminering som er utbreidde, og gi kunnskap om årsaker til illegitim forskjellsbehandling. Prosjektet skal nytte situasjonstesting som metode. Dette inneber at fiktive personar søkjer på faktisk utlyste stillingar. Arbeidsgivarane som har vore gjenstand for forskinga, skal få tilbod om eit intervju i etterkant. Prosjektet skal gjennomførast i Oslo, Bergen og Trondheim, skal omfatte stillingar i både privat og offentleg sektor, skal inkludere kvalifiserte yrke og forskjellige typar stillingar samt inkludere ein kjønnsdimensjon.
Størstedelen av løyvinga til forbruksforsking går som basisløyving til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO). SIFO har gjennom si fagleg uavhengige rolle stor fridom til å prioritere forskingsområde og forskingssatsingar. Departementet ser det som viktig at SIFO utviklar seg vidare som forskingsinstitutt, og held fram med innsatsen for å styrkje den vitskaplege profilen sin. Departementet vil leggje vekt på å styrkje dialogen med SIFO om framtidige kunnskapsbehov og aktuelle satsingar.
Eit sentralt forskingstema for SIFO er spørsmål om miljøkonsekvensar av forbrukarsamfunnet og korleis forbruksforsking kan bidra til ei fornuftig forvalting av dei felles ressursane våre. Viktige forskingstema er samanhengen mellom produkt og miljø, mat og matvanar, og korleis digitale medium blir brukte og verkar inn på kvardagslivet til folk. SIFO vil òg prioritere å utvikle ein empirisk modell for å finne ut kor tilfredse forbrukarane er i ulike marknader. Ein indeks for kor godt tilfredse forbrukarane er med ulike marknader, skal utviklast vidare i samarbeid med BLD, Forbrukarombodet og Forbrukarrådet. (Sjå meir om SIFO i kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking.)
Noregs forskingsråd fekk i 2009 fleire løyvingar over budsjettet til BLD. Løyvingane vil bli førte vidare på same nivå i 2010. Frå 2010 vil departementa ta i bruk ein felles målstruktur for sine løyvingar til Forskingsrådet (sjå Prop. 1 S (2009–2010) frå Kunnskapsdepartementet).
BLD støttar programmet Kjønnsforsking (2008–2012) under Noregs forskingsråd. Programmet er eit tverrfagleg humanistisk og samfunnsvitskapleg forskingsprogram. Det overordna målet for programmet er å styrkje kjønnsforskinga som eit eige kunnskapsfelt og å få meir kunnskap om kjønn og likestilling. BLD vil i 2010 støtte programmet med 4 mill. kroner. (Sjå meir om kjønnsforsking under kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.)
BLD har i ei årrekkje teke del i finansieringa av velferdsforskinga i Noregs forskingsråd. Velferdsforskinga under Program for velferdsforsking (2004–2008) vart frå 2009 ført vidare i det nye programmet Velferd, arbeid og migrasjon (2009–2018). BLD vil i 2010 støtte programmet med 11,3 mill. kroner.
BLD og Helse- og omsorgsdepartementet vil òg i 2010 gi midlar til forsking på behandlingsintervensjonar overfor gravide som misbruker rusmiddel. Prosjektet ligg under Noregs forskingsråds program Rusmiddelforsking (2007–2011). Det vil som i tidlegare år bli sett av 0,5 mill. kroner til prosjektet frå BLD.
I 2008 vart ansvaret for politikken overfor personar med nedsett funksjonsevne ført over frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til BLD. I samband med dette fekk BLD overført midlar til finansiering av satsinga IT Funk (2007–2012) (IT for funksjonshemma) i Noregs forskingsråd. IT Funk skal bidra til at menneske med nedsett funksjonsevne får betre tilgang til informasjons- og kommunikasjonsteknologi og gjennom det betre tilgang til samfunnet. BLD vil i 2010 føre vidare støtta til IT Funk med 5,6 mill. kroner (Sjå òg kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne).
6 Omtale av miljøprofilen i budsjettet
6.1 Utfordringar knytte til miljø og ressursforvalting på BLD sitt ansvarsområde
6.1.1 Miljøutfordringar
6.1.1.1 Forbrukarområdet
Både forbruksvolum og forbruksmønster i samfunnet har innverknad på miljøet, medrekna klimaet. Miljø-, ressurs- og klimabelastninga frå forbruket i Noreg er høgare enn det som svarer til eit berekraftig nivå i global målestokk. Strategien til regjeringa for ei berekraftig utvikling framhevar behovet for å endre produksjons- og forbruksmønstra. I forbrukarpolitikken er det eit mål å medverke til eit etisk og berekraftig ansvarleg forbruksmønster gjennom informasjon, kunnskapsformidling og haldningspåverknad. Omgrepet berekraftig forbruk tek opp i seg omsynet til både natur, ressursgrunnlag, helse, etikk og rettvis fordeling. Miljøutfordringa knytt til forbruk handlar om å tilpasse forbruksmønsteret og det samla ressursforbruket i samfunnet til det naturen kan tåle. Strategien er å forsøke å redusere miljøbelastinga ved å påverke samansetjinga av forbruket i ei slik retning at den normale forbruksnorma representerer ein berekraftig praksis. Det er viktig å skape ei felles forståing av kva eit etisk og berekraftig forbruk inneber i praksis. Eit endra forbruksmønster og eit redusert samla ressursforbruk vil krevje endringar i både haldningar, åtferd og livsstil, så vel som i teknologi og økonomisk politikk. Det er eit gjennomgåande problem at dei fleste miljøgevinstane har ein tendens til å bli meir enn oppspiste av veksten i det totale forbruket.
6.1.1.2 Barn og unge
Sikring og tilrettelegging av leikemiljø og aktivitetsareal for barn og unge i byar og tettstader er viktig. Særleg når utbygging skjer som fortetting av allereie etablerte bustadområde, må kommunane ta nødvendige omsyn for å sikre barn og unge eit godt oppvekstmiljø, jf krav i plan- og bygningsloven.
Lokale styresmakter må lytte til barn og unge i utforminga av det fysiske oppvekstmiljøet. Sikring av barn og unges deltaking og innverknad, mellom anna gjennom ungdomsråd og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, er ei viktig oppgåve for alle kommunar og fylkeskommunar.
6.1.2 Rapport om resultata frå 2008
6.1.2.1 Forbrukarområdet
Barne- og likestillingsdepartementet gav i 2008, saman med Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet, økonomisk støtte til eit informasjonsarbeid mellom Stiftelsen Miljømerking, Debio og Fairtrade/Max Havelaar. Målet var å gjere merkeordningane meir kjende blant folk.
Økonomisk støtte til arbeidet med miljømerka Svanen og EU-blomen er blitt forsterkt i 2009 (jf. kap. 862 Positiv miljømerking).
Departementet gav òg i 2008 og 2009 økonomisk støtte til vidareutvikling og marknadsføring av nettstaden etiskforbruk.no, som skal vere eit hjelpemiddel for interesserte til å velje produkt ut frå etiske og miljømessige kriterium. Nettstaden blir driven i regi av Grønn Hverdag og Etisk Forbrukernettverk.
6.1.2.2 Barn og unge
Mellom anna gjennom tilskot til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane har BLD stimulert til aktivitetar knytte til kultur og miljøengasjement. BLD har òg delteke i Miljøverndepartementets oppfølging av arbeidet med Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen (RPR). Stadig fleire kommunar og fylkeskommunar har eit systematisk arbeid for deltaking og innverknad frå barn og ungdom. Gjennom tilrettelagte prosessar i kommunar og fylke får mange barn og unge høve til å bidra med synspunkt på utviklinga av oppvekstmiljøet.
6.1.3 Mål for arbeidet til BLD
6.1.3.1 Forbrukarområdet
Det viktigaste verkemiddelet under ansvarsområdet til BLD når det gjeld etisk og berekraftig forbruk, er informasjon til forbrukarane. Informasjon om miljømessige, etiske og sosiale aspekt knytte til varer og tenester gir forbrukarane høve til å velje produkt som gir minst mogleg belastning på miljøet. På den måten kan medvitne, aktive og godt organiserte forbrukarar gjennom sin etterspurnad bidra til å påverke næringsdrivande til i større grad å leggje omsyn til etikk og berekraft til grunn for investeringar og produksjon. Dette føreset at det finst relevant, lett tilgjengeleg, standardisert og kvalitetssika informasjon.
BLD følgjer ein todelt strategi som går ut på:
å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket, og
å styrkje kunnskapen og engasjementet til den vanlege forbrukaren om berekraftig forbruk i vid forståing.
Informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved varer og tenester kan formidlast gjennom til dømes positiv miljømerking, nettbasert informasjon, produkttestar, marknadsføring frå næringslivet, og via undervisning om forbrukstema i skolen. I miljømerkinga blir den relevante informasjonen samanfatta i eit symbol (Svanen eller EU-blomen) som gir eit enkelt signal til forbrukaren. Målet er å utvikle vidare og samordne dei eksisterande offisielle miljømerka, slik at dei kan få enda større gjennomslag i marknaden.
Ved bevisst og koordinert handling kan forbrukarane gjennom sin etterspurnad bidra til å påverke dei næringsdrivande til å endre både produktsortiment og måten produkta bli produserte på. Styresmaktene kan på si side leggje rammer og gi insentiv slik at dei næringsdrivande finn det lønnsamt å produsere og investere etisk, sosialt og berekraftig.
6.1.3.2 Barn og unge
Gjennom arbeidet med å fremme barn og unges rettar og innverknad vil BLD bidra til at det fysiske oppvekstmiljøet til barn og unge blir prioritert i regional og kommunal planlegging. Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen (RPR) og FNs konvensjon om barnerettane er viktige dokument som ligg til grunn for dette arbeidet.
Viktige mål for BLD er at:
alle kommunar og fylkeskommunar utviklar gode og varierte oppvekstmiljø
kommunane gjer ei samla vurdering av oppvekstmiljøet for barn og unge for å innarbeide mål og tiltak i kommuneplanarbeidet
alle kommunar og fylkeskommunar har eit systematisk arbeid for deltaking og innverknad frå barn og ungdom i utviklinga av lokalsamfunnet
alle barn og unge har høve til å delta for å kunne påverke utviklinga av nærmiljøet
6.1.4 Tiltak under BLD
6.1.4.1 Forbrukarområdet
Departementet vil arbeide for å skape større medvit om verdet av eit berekraftig forbruk og medverke til å konkretisere kva eit berekraftig forbruk betyr i praksis.
Følgjande tiltak er planlagte for 2010:
BLD vil arbeide for å utvikle vidare frivillig positiv miljømerking (Svanen og Blomen) som verktøy for eit berekraftig forbruksmønster.
Departementet vil føre vidare deltakinga i ei internasjonal arbeidsgruppe som skal utvikle ein ISO-standard for samfunnsansvaret til alle typar organisasjonar (ISO 26000), som er venta ferdig i 2010.
I undervisninga i forbrukaremne i skolen blir det viktig å fremme kunnskap om korleis forbruk innverkar på miljø og klima, og korleis forbrukarane og hushalda kan opptre miljøbevisst.
Etikk i offentlege anskaffingar
Som ledd i oppfølginga av regjeringa sin Handlingsplan for miljø og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser (2007–2010) har Initiativ for etisk handel (IEH) på oppdrag frå BLD utarbeidd rettleiinga Etikk i offentlige anskaffelser. Heftet skal vere eit hjelpemiddel for offentlege innkjøparar til å stille, implementere og følgje opp etiske krav i offentlege innkjøp. Det blir ei viktig oppgåve å sørgje for at rettleiinga blir kjent og at han blir brukt av flest mogleg offentlege verksemder. Frå hausten 2009 vil Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) tilby informasjon og opplæring om etikk og samfunnsansvar overfor innkjøparar i offentleg sektor.
6.1.4.2 Barn og unge
BLD vil medverke til at barn og unges oppvekstmiljø blir prioritert i regional og kommunal planlegging. Departementet vil føre vidare arbeidet med å fremme barn og unges rettar, deltaking og innverknad, mellom anna gjennom FNs konvensjon om barnerettane, støtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og arbeidet med Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen (RPR). I tillegg vil departementet stimulere til idé- og erfaringsutveksling mellom kommunar. BLD utnemner årleg ein barne- og ungdomskommune som er særskilt målretta i arbeidet med å leggje til rette for deltaking, og sikre barn og ungdom deira reelle innverknad over sitt eige oppvekstmiljø.
7 Samla oversikt over løyvingar til barn og unge
Regjeringa har vedteke å styrkje og sikre barnerettane gjennom ei betre overvaking av gjennomføringa av FNs konvensjon om barnerettane. I dette ligg det mellom anna at det skal utarbeidast ein oversikt over den statlege innsatsen for barn i budsjettproposisjonen til BLD. Departementet ønskjer å framheve sentrale tiltak og løyvingar som går til barn og unge og som òg er relevante for FNs barnekonvensjon. Formålet er å fremme barneperspektivet i den statlege budsjettprosessen, også på ansvarsområda til andre departement.
Samstundes er kommunanes løyvingar til barn og unge gjennom rammetilskota ikkje ein del av oversikta.
Tabellane nedanfor syner utviklinga i inneverande regjeringsperiode når det gjeld løyvingar til barn i alle aktuelle departement. Dei syner utviklinga i løyvingar til ulike formål over tid. Mange departement har løyvingar som berre indirekte gjeld barn, eller til formål der barn er ei av fleire målgrupper. Slike løyvingar er ikkje tekne med i tabellane.
BLD vil på vanleg måte gi ut publikasjonen Satsing på barn og ungdom i 2010. Denne publikasjonen går nærmare inn på mål og innsatsområde overfor barn og unge i årets statsbudsjett.
Tabell 7.1 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Arbeids- og inkluderingsdepartementets budsjett
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Rekneskap 2006 | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Saldert budsjett 2009 | Budsjett 2010 | ||
Språkkartlegging av fireåringar | Kap. 651, post 62 | 8 700 | 9 800 | 10 000 | 10 000 | 0 |
Grunnstønad | Kap. 2661, post 70 | 183 000 | 185 000 | 192 000 | 198 000 | 204 000 |
Hjelpestønad | Kap. 2661, post 71 | 876 000 | 912 000 | 913 000 | 976 000 | 1 005 000 |
Kompetanse- og utviklingstiltak for å førebygge og redusere barnefattigdom | Kap. 621, post 21 og 63 | 8 097 | 17 120 | 28 000 | 28 000 | 28 000 |
Innsats for barn og unge i risikosoner | Kap. 621, post 21 og 63 | 0 | 0 | 5 000 | 5 000 | 5 000 |
Gratis kjernetid i barnehage | Kap. 651, post 62 | 10 000 | 36 100 | 50 000 | 50 000 | 50 000 |
Tiltak for barn i mottak | Kap. 690, post 21 | 0 | 5 500 | 5 750 | 12 700 | 13 200 |
Frivillige organisasjonars arbeid mot tvangsekteskap | Kap. 651, post 71 | 0 | 0 | 10 000 | 10 000 | 10 000 |
Tilbod til einslege mindreårige i asylmottak | Kap. 690, post 21 | 0 | 0 | 0 | 243 000* | 443 000 |
Verjer for einslege mindreårige asylsøkjarar | Kap. 690, post 60 | 0 | 0 | 0 | 5 000 | 7 200 |
* Tiltaket er ikkje nytt frå 2009, men løyvinga var ikkje øyremerkt til barn og unge før
Tabell 7.2 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Barne- og likestillingsdepartementets budsjett 1
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Rekneskap 2006 | Rekneskap 2007 | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Budsjett 2010 | ||
Kontantstønad | Kap. 844 | 2 289 911 | 1 975 747 | 1 690 236 | 1 472 000 | 1 418 000 |
Barnetrygd | Kap. 845 | 14 346 170 | 14 415 273 | 14 558 364 | 14 590 000 | 14 820 000 |
Barneombodet | Kap. 850 | 9 179 | 9 464 | 10 346 | 10 309 | 12 423 |
Adopsjonsstønad | Kap. 852 | 18 848 | 15 850 | 12 531 | 20 045 | 16 677 |
Tiltak i barne- og ungdomsvernet | Kap. 854 | 447 881 | 474 967 | 536 621 | 650 123 | 668 393 |
Statleg forvalting av barnevernet | Kap. 855 | 3 995 165 | 4 255 178 | 4 613 233 | 4 650 765 | 4 931 508 |
Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar | Kap. 856 | 0 | 13 266 | 184 614 | 384 150 | 580 500 |
Barne- og ungdomstiltak | Kap. 857 | 161 616 | 181 995 | 187 102 | 211 318 | 198 600 |
Foreldrepengar | Kap. 2530 | 10 440 225 | 11 247 976 | 12 366 821 | 12 856 500 | 14 216 000 |
1 For beskrivinga av det enkelte tiltaket, sjå Del II.
Tabell 7.3 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Rekneskap 2006 | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Saldert budsjett 2009 | Budsjett 2010 | ||
Tilskot til dei politiske partias fylkesungdomsorganisasjonar | Kap. 1530, post 75 | 15 914 | 16 556 | 17 047 | 17 797 | 18 367 |
Tilskot til dei politiske partias sentrale ungdomsorganisasjonar | Kap. 1530, post 76 | 6 007 | 6 051 | 6 369 | 6 649 | 6 862 |
Informasjon til ungdom om personvern | Kap. 1570, post 01 | 600 | 2 400 | 1 600 | 1 200 | 3 100 |
Tabell 7.4 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Helse- og omsorgsdepartementets budsjett
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Rekneskap 2006 | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Saldert budsjett 2009 | Budsjett 2010 | ||
Skolefruktordninga | Kap. 711, post 74 | 24 311 | 28 521 | 16 047 | 16 753 | 17 289 |
Førebygging av uønskte svangerskap og abort | Kap. 719, post 71 | 23 892 | 24 994 | 24 510 | 25 128 | 28 512 |
Barn som pårørande | Kap. 781, post 73 | 0 | 0 | 0 | 0 | 21 000 |
Tabell 7.5 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Justis- og politidepartementets budsjett
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Rekneskap 2006 | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Saldert budsjett 2009 | Budsjett 2010 | ||
Auka aldersgrense for dommaravhør frå 14 til 16 år | Kap. 410, post 01 | 0 | 0 | 320 | 640 | 640 |
Oppretting av særskilde fengselseiningar for barn og unge mellom 15 og 18 år1 | Kap. 430, post 01 | 0 | 0 | 0 | 0 | 24 000 |
Tiltak for fangars barn2 | Kap. 430, post 70 | 0 | 1 000 | 1 043 | 1 089 | 1 092 |
Samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak | Kap. 440, post 01 | 4 990 | 4 732 | 5 000 | 5 000 | 5 000 |
Handlingsplanen Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet | Kap. 440, post 01 | 704 | 710 | 560 | 0 | 0 |
SNU-prosjektet | Kap. 440, post 01 | 1 279 | 273 | 0 | 0 | 0 |
Barnehus | Kap. 440, post 01 | 50 | 4 600 | 10 100 | 25 000 | 38 600 |
Førebygging av internettrelaterte overgrep mot barn | Kap. 440, post 01 | 0 | 0 | 6 000 | 6 000 | 6 000 |
Interpols biletdatabase over seksuelt misbrukte barn | Kap. 440, post 01 | 0 | 0 | 2 400 | 0 | 0 |
Auka aldersgrense for dommaravhør frå 14 til 16 år | Kap. 440, post 01 | 0 | 0 | 225 | 450 | 450 |
Skien kommune guteprosjekt | Kap. 440, post 70 | 80 | 150 | 0 | 0 | 0 |
Kostnader i samband med sivile vernepliktige som gjer teneste i oppdrag knytte til barn og ungdom | Kap. 450, post 01 | 22 599 | 16 864 | 14 144 | 11 594 | 11 039 |
Auka aldersgrense for dommaravhør frå 14 til 16 år | Kap. 466, post 01 | 0 | 0 | 1 500 | 3 000 | 3 000 |
Auka bruk av oppfølgingsteam og ungdomsstormøte i konfliktråda | Kap. 474, post 01 | 0 | 0 | 0 | 0 | 5 000 |
1 Talet for 2010 er tentativt. Tiltaket starta i 2009. Det er ikkje løyvt særskilte midlar til tiltaket i 2009, men utgifter skal handterast innanfor ramma.
2 Talet for 2010 er tentativt.
Tabell 7.6 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Rekneskap 2006 | Rekneskap 2007 | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Budsjett 2010 | ||
Frifond – frivillig barne og ungdomsarbeid lokalt | Kap. 315, post 72 | 15 000 | 25 570 | 30 000 | 43 000 | 44 376 |
Tilskot til kjøp av musikkinstrument til skolekorps | Kap. 320, post 74 | 2 500 | 5 095 | 7 500 | 10 000 | 10 320 |
Ungdommens kulturmønstring | Kap. 320, post 74 | 5 876 | 6 598 | 6 882 | 7 382 | 7 618 |
Kulturkort for ungdom | Kap. 320, post 78 | 1 000 | 3 200 | 3 900 | 3 900 | 3 900 |
Norsk kulturråd | Kap. 320, post 50 og 55 | 9 294 | 11 294 | 13 780 | 14 780 | 15 780 |
Rikskonsertane (overslag) | Kap. 323 | 71 000 | 74 000 | 77 000 | 88 100 | 88 100 |
Den Unge Scenen | Kap. 324 | 0 | 100 | 1 500 | 1 850 | 2 100 |
Den kulturelle skolesekken | spillemidlar ifølge overskotsprognose | 161 000 | 167 000 | 167 000 | 167 000 | 1 |
Tilskot til kulturbygg | Spillemidlar | 119 000 | 124 700 | 124 700 | 124 700 | |
Barne- og ungdomsarbeid i Den norske kyrkja | Kap. 340, post 71.16 | 94 968 | 98 833 | 103 072 | 107 800 | 111 250 |
Noregs idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité | Spillemidlar | 54 000 | 55 000 | 56 000 | 56 000 | |
NIF – del av overgangsmidlar2 | Spillemidlar | 0 | 0 | 56 000 | 58 500 | |
Tilskot til lokale lag og foreiningar | Spillemidlar | 120 000 | 125 000 | 125 000 | 125 000 | |
Tilskot til lokale lag og foreiningar – del av overgangsmidlar NIF – del av overgangsmidlar | Spillemidlar | 0 | 0 | 50 500 | 55 000 | |
Tilskot til inkludering i idrettslag | Spillemidlar | 11 500 | 8 000 | 8 000 | 8 000 | |
Friluftstiltak for barn og ungdom | Spillemidlar | 5 200 | 5 400 | 5 600 | 10 000 |
1 Spelemidlar til kultur- og idrettsformål vert ikkje gitte over statsbudsjettet, men blir fordelt av Kongen i statsråd. Budsjettet for 2010 (avsetninga) vil først fastsetjast ved hovudfordelinga av spelemidlane ultimo april 2010, unntatt avsetninga til NIF som skal fastsetjast i desember 2009.
2 I 2008 og 2009 vart det fordelt overgangsmidlar for å lette overgangen etter bortfallet av automatinntekter.
Tabell 7.7 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Kunnskapsdepartementets budsjett
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Rekneskap 2006 | Rekneskap 2007 | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Budsjett 2010 | ||
Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat | Kap. 222 | 140 068 | 119 008 | 122 858 | 124 572 | 101 368 |
Tiltak i grunnopplæringa driftsutgifter til eksamen | Kap. 225, post 01 | 124 386 | 125 251 | 131 409 | 136 690 | 130 507 |
Tilskot til samisk i grunnopplæringa | Kap. 225, post 63 | 43 060 | 41 998 | 44 527 | 47 505 | 49 787 |
Tilskot til barn og unge i statlege asylmottak | Kap. 225, post 64 | 850 541 | 59 200 | 59 794 | 188 379 | 261 618 |
Tilskot til leirskolar | Kap. 225, post 66 | 30 797 | 34 821 | 34 460 | 38 926 | 40 172 |
Tilskot til opplæring i finsk | Kap. 225, post 67 | 8 726 | 7 856 | 7 333 | 8 973 | 9 260 |
Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa | Kap. 226 | 940 368 | 1 024 388 | 1 016 133 | 1 020 039 | 1 043 566 |
Tilskot til private skolar | Kap. 228, post 70 | 2 050 171 | 2 268 292 | 2 528 382 | 954 834 | 1 111 033 |
Tilskot til samiske barnehagetilbod | Kap. 231, post 50 | 11 435 | 11 870 | 12 380 | 12 925 | 13 339 |
Driftstilskot til barnehagar | Kap. 231, post 60 | 12 110 297 | 13 735 461 | 15 899 618 | 18 120 880 | 19 677 908 |
Investeringstilskot og lån | Kap. 231, post 61 | 253 301 | 266 173 | 228 882 | 173 000 | 189 600 |
Tilskot til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage | Kap. 231, post 62 | 736 173 | 762 675 | 794 769 | 829 674 | 855 724 |
Tilskot til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn | Kap. 231, post 63 | 98 871 | 102 523 | 106 752 | 111 529 | 115 098 |
Tilskot til midlertidige lokale | Kap. 231, post 64 | 0 | 21 707 | 39 400 | 33 000 | 42 000 |
Skjønnsmidlar til barnehagar | Kap. 231, post 65 | 2 310 271 | 3 130 144 | 4 009 779 | 4 938 731 | 5 805 706 |
Stipend til barn gjennom Lånekassen1 | Kap. 2410, post 70 | 0 | 1 242 870 | 1 244 820 | 1 268 742 | 1 296 670 |
Stipend til barn gjennom Lånekassen | Kap. 2410, post 71 | 0 | 19 114 | 34 901 | 35 664 | 36 091 |
1 Tala for 2007 og 2008 er overslag baserte på tildelingsstatistikk. Tala for 2009 og 2010 er òg baserte på overslag.
Tabell 7.8 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Landbruks- og matdepartementets budsjett
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Rekneskap 2006 | Rekneskap 2007 | Rekneskap 2008 | Saldert budsjett 2009 | Budsjett 2010 | ||
4H Noreg | Kap. 1138, post 70 | 5 850 | 6 500 | 6 800 | 6 800 | 6 800 |
Natur og Ungdom | Kap. 1138, post 70 | 0 | 100 | 150 | 150 | 150 |
Norsk bygdeungdomslag | Kap. 1138, post 70 | 0 | 100 | 150 | 150 | 150 |
Dyrevern ung | Kap. 1138, post 70 | 0 | 0 | 100 | 100 | 100 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | Kap. 1138, post 70 | 0 | 250 | 250 | 250 | 250 |
Lære med skogen | Kap. 1150, post 50 | 1 500 | 1 100 | 1 246 | 1 200 | 1 |
Lokal og økologisk mat til barn og unge | Kap. 1150, post 50 | 0 | 1 383 | 0 | 0 | 0 |
Praktikantordninga i landbruket | Kap. 1150, post 50 | 0 | 4 800 | 17 900 | 2 |
1 Ikkje fastsett enno.
2 Ordningane er tiltak innanfor BU-ordninga, og det blir ikkje sett av rammer for dei enkelte tiltaka.
Tabell 7.9 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Samferdselsdepartementets budsjett
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Rekneskap 2006 | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Saldert budsjett 2009 | Budsjett 2010 | ||
Tilskot til Trygg Trafikk | Kap. 1300, post 71 | 18 100 | 18 700 | 19 500 | 21 400 | 22 000 |
Tabell 7.10 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Utanriksdepartementets budsjett
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Rekneskap 2006 | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Saldert budsjett 2009 | Budsjett 2010 | ||
Tilskot til UNESCOs arbeid med utdanning | Kap. 170, post 71 | 0 | 23 500 | 23 500 | 23 500 | 23 500 |
FNs barnefond – UNICEF (kjernestønad) | Kap. 170, post 72 | 300 000 | 350 000 | 400 000 | 450 000 | 450 000 |
FNs barnefond – UNICEF (programstønad) | Kap. 170, post 76 | 543 000 | 545 000 | 530 000 | 590 000 | 580 000 |
Utviklingsbankane – Education for All, Fast Track Initiative | Kap. 171, post 72 | 230 000 | 95 000 | 95 000 | 150 000 | 150 000 |