Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat

1.1 Overordna mål og prioriteringar for landbruks- og matpolitikken

Landbruks- og matpolitikken har som hovudmål å halde ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig og klimariktig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar.

Landbruks- og matsektoren har eit breitt samfunnsansvar og spelar ei viktig rolle for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Matproduksjon, jordbruk, skogbruk, reindrift, og landbruket sin tenesteproduksjon elles er sentralt for den samla verdiskapinga og for å halde oppe hovudtrekka i busetjingsmønstret og utvikle lokalsamfunna. Norsk landbruk er i utvikling, og gardane sine ressursar blir brukte på stadig nye måtar. For å kunne lukkast med verdiskaping innanfor landbruket sin tenesteproduksjon er ein avhengig av at landbruket viser seg fram for publikum og forbrukarar som ei open og spennande næring.

Eit aktivt landbruk er grunnleggjande for å halde oppe viktige verdiar. Trygg og kortreist mat, vakre kulturlandskap, friluftsliv, jakt og fiske, hagestell og parkanlegg, reiselivopplevingar og nærleik til sports- og kjæledyr er eksempel på verdiar som betyr svært mykje for livskvaliteten for svært mange. Desse verdiane er nært knytte til ein aktiv landbrukspolitikk, og auka forståing for dette er viktig for å sikre rekruttering til og interesse for sektoren.

Verdikjedene med utspring i landbruk er blant dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, og omfattar alt frå forsking, produksjon av innsatsvarer, næringsmiddelindustri og heilt fram til forbrukar.

Jordbruket sysselsette i 2009 om lag 58 000 årsverk. Matindustrien, eksklusive fiskevarer, hadde i 2008 ein produksjonsverdi på om lag 131 milliardar kroner og ei sysselsetjing på om lag 39 000 årsverk.

Skogbruket og skogindustrien sysselsette i 2008 i overkant av 25 000 årsverk. Skogindustrien hadde ein samla produksjonsverdi på om lag 48 milliardar kroner og eksporterte for om lag 13,4 milliardar kroner. Skogbruket og tenester knytt til skogbruket hadde samla inntekter på 6,1 milliardar kroner.

Regjeringa vil bidra til å sikre utøvarane i landbruket inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper. Jordbruksavtalen for 2010-2011 fører vidare kursendringa regjeringa har gjort i landbrukspolitikken ved å leggje til rette for å gi landbruket eit nødvendig inntektsløft, sikre eit landbruk med ein variert bruksstruktur, halde oppe eit levande landbruk over heile landet og ha særskilt merksemd på område med svakare utvikling i produksjon og arealbruk.

Jordbruksavtalen legg vidare opp til å styrkje distrikts- og strukturprofilen i verkemidla, styrkje landbruket sin miljøprofil og klimatiltak, ta vare på kulturlandskapet, samt auke innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på auka produksjon og forbruk.

Norsk landbruk si viktigaste rolle er å produsere trygg og rein mat for eigen befolkning. Dei siste åra sine matkriser viser betydningen av dette. Folkemengda i verda aukar kraftig, og det er nødvendig å auke den globale matproduksjonen framover. FAO legg til grunn at produksjonen av mat må vere 50 pst. høgare i 2030 enn i dag, og doblast innan 2050. I denne samanheng er det ein klar plikt òg for Noreg å forvalte areala godt for å produsere mat til eigen befolkning. Produksjonen av mat skal skje på ein berekraftig måte. Prognosane for den norske folketalsutviklinga seier at det er ein million fleire innbyggjarar i Noreg i 2030. Landbruks- og matpolitikken må òg i Noreg rettast inn med sikte på å skaffe mat til ein stadig veksande befolkning.

Regjeringa vil leggje til rette for at det norske landbruket kan dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. Det aller meste av jordbruksareala i Noreg blir nytta til produksjon av gras og korn, og det er desse produksjonane som legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane, samtidig som matvareindustrien må få råvareprisar som er med på å trygge konkurransekrafta. I nokre delar av landet er det gode vilkår for produksjon av grønsaker og potet, og det er viktig at dette produksjonspotensialet blir utnytta.

Regjeringa vil bidra til at landbrukssektoren kan utvikle betre og fleire tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og forsterke dei positive klimabidraga som sektoren allereie gir. Utfordringa er å produsere maten med lågast mogleg klimagassutslepp og utnytte fornybare ressursar på ein måte som sikrar størst mogleg kutt i klimagassutsleppa. Bruk av råstoff frå landbruket framfor fossile energikjelder kan gi store klima- og energigevinstar. St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen blei behandla av Stortinget i 2009 og gir ein omfattande og grundig gjennomgang av moglege klimatiltak i landbruket. Landbruks- og matdepartementet har starta arbeidet med å følgje opp tiltaka. Landbruks- og matdepartementet vil innanfor dei årlege budsjettrammene leggje til rette for auka planting av ny skog etter hogst, vurdere etablering av skog på nye areal, styrkje skogplanteforedlinga, og styrkje og utvikle tiltaka knytt til auka produksjon av bioenergi og auka trebruk. Dette er viktig både i klimasamanheng og for framtidig verdiskaping i skogsektoren.

Landbruks- og matdepartementet har i 2010 – 2011 fleire pågåande arbeider som vil få innverknad på retninga på landbruks- og matpolitikken i åra som kjem. Departementet tek sikte på å leggje fram ei melding til Stortinget våren 2011 om landbruks- og matpolitikken. Målet er å utvikle ein framtidsretta landbruks- og matpolitikk, der landbruksnæringane har ei viktig rolle i framtidig verdiskaping i heile landet, og på den måten forsterke grunnlaget for vekst og utvikling innan bioproduksjon og foredling. Mellom anna vil Riksrevisjonen si undersøking av måloppnåing og styring i jordbruket, Dokument 3:12 (2009 – 2010), vere nyttig for departementet sitt arbeid med meldinga.

I tilknytning til arbeidet med den nye meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken har Landbruks og matdepartementet starta ein gjennomgang av departementet sine ytre verksemder med tanke på struktur, rollefordeling og organisering. I fyrste omgang tek ein sikte på å foreta ein gjennomgang av forskingsinstitutta og deira grenseflater og tilknyting til forvaltninga. Hovudmålsetninga for gjennomgangen vil vere å skape grunnlag for ei modernisert landbruksforvaltning og nasjonalt leiande og internasjonalt konkurransedyktige forskingsinstitusjonar, med høg kvalitet og omdømme. Forskingsinstitusjonane skal ha ei sentral rolle i arbeidet med å auke verdiskapinga i landbruks- og matsektoren regionalt og nasjonalt. Departement og etatar skal kunne ha tilgang til vitskapleg basert kunnskap og fagleg fundert rådgjeving.

I slutten av februar 2010 oppnemnte regjeringa Matkjedeutvalet for å greie ut styrkeforholda i verdikjeda for mat. Bak oppnemninga står Landbruks- og matdepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Utvalet skal kartleggje styrkeforholda, vurdere utviklinga i verdikjeda og foreslå tiltak der forbrukarinteresser blir tekne vare på med tanke på pris, vareutval, kvalitet og tilgang. Utvalet skal òg sjå på moglegheitene for meir opning og innsyn i heile matvarekjeda for å sikre tilfredsstillande samfunnsmessig kontroll. Tilsvarande arbeid blir utført i fleire andre land. Utgreiinga skal hente inn relevante erfaringar frå andre land og gjere samanlikningar med nokre av disse.

1.2 Delmål og strategiar for landbruks- og matpolitikken

1.2.1 Delmål

Departementet har lagt til grunn åtte delmål og tre strategiar for landbruks- og matpolitikken.

Delmål 1. Sikre trygg mat

Maten skal vere trygg når den når forbrukarane, uavhengig av om den er framstilt innanlands eller er importert. Ansvaret for å sikre trygg mat ligg hos verksemdene i matproduksjonskjeda. Tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i kvar del av matproduksjonskjeda medverkar til at sluttprodukta er trygge.

Arbeidet med mattryggleik skal redusere risikoen for sjukdommar som kan bli overført med smittestoff og framandstoff i mat eller drikkevatn. Produksjon og omsetning må finne stad under gode hygieniske forhold slik at smittestoff og framandstoff ikkje blir overførte til menneske med mat eller drikkevatn.

Det er viktig å utvikle gode system for sporing av mat dersom helseskadelege produkt kjem ut på marknaden. eSporingsprosjektet er eit viktig tiltak for å leggje til rette for ein nasjonal elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap, auka mattryggleik og auka verdiskaping i alle ledd.

Mattilsynet har ei sentral rolle i arbeidet for å sikre trygg mat gjennom rettleiing, tilsyn, kartlegging og overvaking langs heile matproduksjonskjeda, òg der mat blir omsett til forbrukarane, og gjennom å ta del i utvikling av regelverk.

Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld smittestoff i mat. I blant ser vi likevel utbrot av alvorlege matborne sjukdommar. Ureint drikkevatn er stadig ei viktig årsak til sjukdom. Fleire døme dei siste åra har vist den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og sjukdom hos menneske.

Sjå nærmare omtale under kat. 15.10 Matpolitikk.

Delmål 2. Fremje mangfald og andre forbrukaromsyn i produksjon og omsetning av mat

Det er aukande interesse for helse, ernæring og matkultur. Regjeringa vil møte ønskjer og påverke kunnskap og vanar hos forbrukarane på ein positiv måte, samtidig som ein tek omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og deira valfridom, slik regjeringa mellom anna legg opp til i Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007-2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold.

Regjeringa legg òg vekt på å fremje verdiskaping og mangfald på matområdet. Ein vil leggje vekt på forbrukarane sine ønskje og behov. Ein mangfaldig matmarknad og relevant, lett tilgjengeleg og riktig informasjon er viktig for at forbrukarane kan utøve makt i matmarknaden. Merkeordningar skal medverke til større mangfald og utvikling av spesialprodukt.

Merking av mat er eit viktig forbrukaromsyn som har stor merksemd frå forbrukarane, matvarebransjen og styresmaktene. Merking er viktig for ærleg produksjon og omsetning, for at forbrukarane skal få riktig informasjon og for at dei lettare skal kunne velje sunn mat. Merking av opphavet til matvarer er òg eit sentralt forbrukaromsyn i matpolitikken. Merksemd kring matglede og matkvalitet er viktig for at forbrukarane skal bli medvitne om samanhengane mellom mat og helse.

Ei ordning med frivillig sunnheitsmerking av matvarer (Nøkkelholet) blei sett i verk i 2009. Helsedirektoratet og Mattilsynet følgjer opp med informasjon og tilsyn.

Det er påvist spormengder av genmodifiserte mais og soyavariantar. Felles for disse produkta er at dei har blitt godkjende for dyrking i landet der dei blei produsert i, men ikkje i mottakarlandet.

Sjå nærmare omtale under kat. 15.10 Matpolitikk.

Delmål 3. Fremje god dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

Norsk dyrehald skal vere kjenneteikna av god dyrevelferd og god dyrehelse. Dette skal gjelde for alt dyrehald, produksjonsdyr så vel som sports- og familiedyr.

Fleire døme dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og sjukdom hos menneske. Å halde oppe den gode norske dyrehelsa, eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er derfor òg viktig for mattryggleiken.

Dyrevelferdslova gir eit godt grunnlag for å følgje opp utfordringane knytt til dyrevelferd hos fisk og landdyr. Dyrevelferdslova har eit vidt virkeområde og omfattar òg familie- og sportsdyr. Departementet vil leggje vekt på utvikling av eit godt regelverk som er til beste for dyra og dei mange engasjerte eigarane av familie- og sportsdyr i Noreg.

Lidingar hos og tap av dyr på beite er ei stor utfordring i dyrevelferdsarbeidet, og dette blir følgd opp. Midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltangrep blir løyvd over Miljøverndepartementet sitt budsjett. Regjeringa har som mål at talet på rovvilt skal haldast så nær bestandsmåla som mogleg. Det er òg sett i verk tiltak for meir effektiv felling av skadegjerande rovvilt. Ein ser ut til å lukkast i arbeidet med å nå bestandsmåla, men har ikkje i same grad lukkast i arbeidet med å redusere konflikten med beitenæringane. Det har generelt vore ein nær samanheng mellom tap av husdyr og tamrein på grunn av rovvilt og størrelsen på rovviltbestanden.

Friske planter er viktig for menneske og dyr både av helse-, ernærings-, miljø- og økonomiske årsaker. God plantehelse gir ein robust planteproduksjon og reduserer behovet for plantevernmiddel. Endra klimatiske og miljømessige forhold vil krevje høg beredskap mot nye plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar, zoonosar og større utbreiing av kjente sjukdommar hos planter, husdyr og vilt.

Noreg har generelt god plantehelse, men både klimaendringar og aukande import av planter og plantemateriale aukar risikoen for introduksjon av nye planteskadegjerarar.

Landdyrhelsa i Noreg er generelt god. Dei siste åra er det likevel påvist fleire nye sjukdommar, til dømes blåtunge hos storfe og svineinfluensa hos gris. Det er derfor viktig med god overvaking av sjukdomssituasjonen og god beredskap mot uønskte hendingar.

Sjå nærmare omtale under kat. 15.10 Matpolitikk.

Delmål 4. Ei berekraftig og klimariktig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet

Klimautfordringa er ei av dei største utfordringane i vår tid. Landbruket arbeider i stor grad på naturen sine premissar og kan bli meir påverka av eit varmare klima enn mange andre næringar. Alle sektorar må bidra til å redusere utsleppa av klimagassar. Klimautfordringane og tiltak i landbruket for reduserte klimagassutslepp og auka opptak av CO2 vil vere eit sentralt innsatsområde for departementet i åra framover. St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen ligg til grunn for gjennomføring av klimatiltak i landbruket. Regjeringa meiner at miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning må vere integrert i den samla næringspolitikken. Landbruket er ein viktig produsent av miljøgode. Miljøarbeidet omfattar tiltak for auka opptak og reduserte utslepp av klimagassar innan landbruket, vern om jordbruksareal gjennom eit sterkt jordvern, vern og forvaltning av kulturlandskap og ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminne i jord- og skogbruk. Kulturlandskapet er viktig som ei ramme for satsing på kultur, lokal mat, friluftsliv og for busetjing og turisme. For regjeringa er det derfor viktig å møte utfordringane ein har knytt til gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifulle kulturlandskap i mange delar av landet.

Departementet vil òg prioritere arbeid med bruk og vern av dei genetiske ressursane, reduksjon av forureining, auka satsing på økologisk landbruk, auka skogproduksjon og produksjon av bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til mellom anna opplevingar og friluftsliv.

Departementet vil gjere ein offensiv miljøinnsats som set krav til landbruket og industrien og gir konkrete resultat i form av mellom anna redusert forureining og betre omsyn til biologisk mangfald.

Departementet er i gang med oppfølginga av St.meld. nr. 39 (2008-2009). Gjennom jordbruksavtalen og statsbudsjettet har departementet auka løyvingane til klimatiltak. Det er mellom anna sett i gang forskingsaktivitet for å redusere metanutslepp gjennom produksjon av biogass frå husdyrgjødsel, og det er gjennomført utgreiingar i Utviklingsprogrammet for klimatiltak i jordbruket om korleis ein kan redusere tap av klimagassar frå jordbruket gjennom meir optimal jordbruksdrift. Regjeringa vidarefører òg ei satsing på skogen som eit verktøy i arbeidet med klimautfordringane og arbeider for at skog skal få ein sentral plass i eit framtidig internasjonalt klimaregime.

Det er etablert eigne tiltak for særleg verdifulle kulturlandskap og forvaltning og skjøtsel i verdsarvområda.

Sjå nærmare omtale under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

Delmål 5. Berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring

Regjeringa vil leggje til rette for auka produksjon og bruk av fornybar energi og auka trebruk i staden for meir energikrevjande materialar, noko som vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske utsleppa av klimagassar. Skogbruket er ei viktig distriktsnæring, og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) legg regjeringa til grunn at verdiskapinga og dei positive klimabidraga frå skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål.

Det er viktig å forvalte skogressursane berekraftig slik at viktige miljøverdiar blir tekne vare på samtidig som ressursane blir tekne i bruk for auka aktivitet og verdiskaping til nytte både lokalt og nasjonalt.

St.meld. nr. 39 (2008-2009) legg vekt på verdien skogen har både som karbonlager og som kjelde til råstoff til auka trebruk og auka bruk av bioenergi. Skogbruket er ei viktig distriktsnæring, og ein styrking av skogpolitikken vil kome den lokale verdiskapinga til gode.

Skognæringa blei påverka av finansuroa, og 2009 var derfor eit svakt år for skogbruket. Byggeaktiviteten sank drastisk, prisane på tømmer sank og avverkinga var lågare enn tidlegare år. I løpet av 2010 har den negative utviklinga snudd noko, og avverkinga har auka.

Sjå nærmare omtale under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

Delmål 6. Eit aktivt landbruk som medverkar til sysselsetjing og busetjing over heile landet og som gir grunnlag for auka verdiskaping gjennom ny næringsverksemd

Regjeringa har som mål at heile landet skal takast i bruk for å auke verdiskapinga, gi grunnlag for ny næringsverksemd og styrkje lokalsamfunna. Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for at heile breidda av landbruket sine ressursar blir utnytta til beste for heile landet. Departementet vil stimulere til rekruttering i landbruket, styrkje verdiskapinga og innovasjonsevna i alle deler av næringa og leggje til rette for eit taktskifte for utvikling av nye næringar i landbruket. Eigedoms- og busetjingspolitikken skal støtte opp om det tradisjonelle familielandbruket med garden som senter for busetjing og næringsverksemd, men samtidig òg leggje til rette for at dei som har ønskje om å drive nye næringar får gode høve til å utvikle ny aktivitet. Gode samarbeidsløysingar er viktige for å skapa gode produsentmiljø.

Landbruks- og matdepartementet arbeidar kontinuerleg med endringar, forenkling og oppdateringar i juridiske og økonomiske verkemiddel for å gjennomføre regjeringa sin landbruks- og matpolitikk.

1. juli 2009 blei det fastsett ei rekkje endringar i eigedomslovene i landbruket med odelslova, konsesjonslova og jordlova som dei viktigaste. Endringane gjer reglane enklare og meir målretta og legg til rette for auka aktivitet som grunnlag for busetjing i distrikta.

Vinteren 2010 blei reglane om priskontroll ved sal av landbrukseigedommar endra slik at det no kan aksepterast ein høgare pris på gardsbruk med bustadhus enn tidlegare. Samtidig blei den nedre grensa for når eit sal kjem under reglane for priskontroll heva. Dette kan leggje til rette for at fleire gardsbruk kjem på sal og igjen får fast busetnad.

I tillegg har departementet understreka at omsynet til busetjinga skal tilleggjast større vekt ved søknader om deling av landbrukseigedommar og at økt harmonisering mellom eigedomsstrukturen og bruksstrukturen er ei samfunnsinteresse av stor vekt som kan gi grunnlag for deling.

Nærmare omtale av eigedoms- og busetjingspolitikken står under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

Delmål 7. Nasjonal matforsyning, ein konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande og berekraftig produksjon av varer og tenester

Stortinget har sett som mål at det norske landbruket skal dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane, samtidig som matvareindustrien må sikrast råvareprisar som er med på å sikre konkurransekrafta. Vidare har denne forvaltninga eit verkeområde som er nært knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtaler.

Regjeringa legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Det er store unytta moglegheiter når det gjeld å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, gjerne i samarbeid med andre sektorar. For å sikre den langsiktige utviklinga av landbruks- og matsektoren, er det nødvendig med forsking av høg kvalitet og relevans. Både naturressursane på det enkelte bruket, dei menneskelege ressursane og samarbeidet mellom ulike sektorar inneber nye moglegheiter. Regjeringa vil leggje større vekt på næringsutvikling og innovasjon gjennom eit godt samarbeid mellom dei offentlege aktørane på dette området, forskingsmiljøa og næringa.

Kunnskap og kompetanse er ein viktig faktor for landbrukets framtidige konkurranseevne. Å sikre rekruttering til landbruket er derfor sentralt. For ungdom som skal gå inn i landbruket har både økonomiske og sosiale rammevilkår betyding for valet som skal tas. Det er behov for å betre rekrutteringa til mange yrker innan grøn sektor. I Prop. 133 S (2009-2010) Jordbruksoppgjøret 2010 er det foreslått til saman 4,5 mill. kroner til eit treårig nasjonalt prosjekt for å styrkje rekrutteringa til landbruksutdanninga på alle nivå.

Innovasjon i landbruket er ein føresetnad for auka mangfald og lønnsemd i sektoren. Departementet vil føre ein kunnskapsbasert innovasjonspolitikk som tek utgangspunkt i regionale fortrinn og moglegheiter. Det er mogleg å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, både når det gjeld bruk av naturressursane og dei menneskelege ressursane.

Sjå òg omtale under kat. 15.20 Forsking og innovasjon og kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

Delmål 8. Ei livskraftig reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å holde oppe samisk eigenart

Målet for reindriftspolitikken er å få ei reindrift som er økonomisk, økologisk og kulturelt berekraftig. For at reindrifta òg framover skal vere eit fundament for samisk kultur, må den anerkjennast og forvaltast som ei næring med økonomisk verdiskaping og effektiv produksjon. Departementet vil prioritere ei slik utvikling av reindrifta. Det viktigaste målet i reindriftsavtalen er å stimulere næringa til å auke slakteuttaket og verdiskapinga.

Talet på rein og andre vilkår slik som beitegrenser og beitetider, blir no følgde opp gjennom reindriftslova sine bruksreglar. Dei siste åra har reindrifta samla sett hatt ei positiv inntektsutvikling. Dette har samanheng med eit stabilt og høgare slakteuttak og ein auke i prisen på reinkjøtt. Det siste året har marknadssituasjonen for reinkjøtt blitt vanskeleg. Framover vil departementet ha auka merksemd på tiltak som kan auke salet av kjøtt. Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har akselerert dei siste tiåra, og det er behov for å få ei betre sikring av reindrifta sine areal.

Sjå nærmare omtale under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

1.2.2 Strategiar

Strategi 1. Ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning med høg kvalitet og stor grad av medverknad

Landbruks- og matdepartementet skal gjennomføre og utvikle landbruks- og matpolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane. Å gjennomføre politikken krev ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning som legg vekt på fornying og som er tilpassa innbyggjarane og næringsverksemdene sine behov. Målsetjinga er mindre administrasjon og meir lokal fridom som sikrar innbyggjarane betre kunnskap om, og innverknad på, politikkutforminga. Viktig i samband med dette er tiltak som minkar rapporteringsbyrda og sikrar betre kontroll og høgare servicenivå for dei næringsdrivande i sektoren, samstundes som den informasjonen forvaltninga spør etter i stor grad skal vere data som kan gjenbrukast.

Departementet har 7 underliggjande etatar som har ansvar for ulike delar av landbruks- og matpolitikken. Aktiv etatsstyring frå departementet er eit prioritert område. Fleire underliggjande etatar har dei seinare åra gjort organisasjonsendringar for å styrkje effektiviteten. Mellom anna er omorganiseringa av Mattilsynet ferdig, og MATS (Mattilsynet sitt elektroniske tilsynssystem) er sett i drift.

Sjå nærmare omtale under kat. 15.00 Landbruks- og matforvaltning.

Strategi 2. Handlingsrom for ein nasjonal landbruks- og matpolitikk innanfor internasjonale avtalar og eit sterkt importvern for norsk matvareproduksjon

Eit sterkt importvern for landbruksvarer er ein føresetnad for å halde oppe norsk matvareproduksjon. Dette følgjer mellom anna av eit høgare pris- og kostnadsnivå i Noreg enn mange matvareeksporterande land. I internasjonale forhandlingar om handel, som til dømes forhandlingar innan WTO og EØS, blir det lagt til grunn at avtalane framleis skal sikre handlingsrom for utforming av ein nasjonal landbruks- og matpolitikk.

WTO-forhandlingane vil halde fram hausten 2010 og i 2011 med sikte på å komme fram til ein ny avtale.

Sjå nærmare omtale under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

Strategi 3. Forskingsinnsats av internasjonal kvalitet som fremjar ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet

Forsking er blant dei viktigaste verktøya for å auke konkurransekrafta og verdiskapinga i landbruks- og matsektoren. Forsking bidreg til å halde oppe ei framtidsretta og god forvaltning av landbruks- og matsektoren. I arbeidet med å styrkje innovasjonsevna i landbruket ytterlegare skal det gjennomførast ein langsiktig og målretta innsats som resulterer i styrkt konkurranseevne i alle næringar i landbruket. Departementet vil i stor grad vidareføre satsinga si på forsking innanfor fornybare energikjelder og karbonfangst og lagring. I tråd med St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forskning skal tilgang på trygg og nok mat for Noreg og verda vere eit viktig forskingsområde. Løyvinga til næringsretta forsking på matområdet vil bli prioritert i 2011.

For å halde oppe høg kvalitet i norske forskings- og innovasjonsmiljø må miljøa søkje seg til internasjonale forskingsarenaer og styrkje det internasjonale samarbeidet.

Landbruks- og matdepartementet sin Strategi for forskning og forskningsbasert innovasjon (2007-2012) legg grunnen for departementet sin forskingsinnsats. Landbruks- og matdepartementet løyver monalege midlar til forsking innanfor matproduksjon, jordbruk, skogbruk, reindrift og landbruket sin tenesteproduksjon.

Sjå nærmare omtale under kat. 15.20 Forsking og innovasjon.

1.3 Hovudpunkt i budsjettframlegget

 

mill. kr

Nemning

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

Programområde 15 Landbruk og mat

15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m.

131,4

133,2

1,3

15.10 Matpolitikk

1 344,2

1 336,2

-0,6

15.20 Forsking og innovasjon

407,8

402,8

-1,2

15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

13 808,6

14 235,5

3,1

Sum Landbruks- og matdepartementet

15 692,0

16 107,7

2,6

Innan budsjettrammene prioriterer departementet viktige satsingar innan landbruks- og matområdet, m.a. styrking av inntektene i landbruket, satsing på bioenergi, forsking og utvikling. Dette er mellom anna gjort ved reduksjonar i budsjett til landbruks- og matforvaltninga og omfordeling frå øvrige postar. Landbruks- og matforvaltninga har vore gjennom store omstillingar i dei seinare år. Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at effektivisering og omstillingsarbeid vidareførast, samtidig som ein må vere innforstått med strammare prioriteringar.

Regjeringa legg opp til eit budsjett under programområde 15 landbruk og mat på 16 107,7 mill. kroner. Dette er ein budsjettauke på 2,6 pst. i forhold til saldert budsjett 2010. Endringa er i hovudsak knytt til satsingar innanfor jordbruksavtalen som følgje av jordbruksoppgjeret 2010.

Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett under programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltninga på 133,2 mill. kroner, som er ein auke på 1,3 pst. i forhold til saldert budsjett 2010.

Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.10 Matpolitikk på 1 336,2 mill. kroner, ein reduksjon på 0,6 pst. i forhold til saldert budsjett 2010. Reduksjonen skuldast hovedsaklig at omstillinga i Mattilsynet er avslutta og at omstillingsmidlar derfor ikkje førast vidare. Arbeidet med å sikre trygg mat i heile matproduksjonskjeden held fram. Det løpande arbeidet med effektivisering, omstilling og forenkling førast vidare.

Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett på 402,8 mill. kroner under programkategori 15.20 Forsking og innovasjon. Regjeringa vil i hovudsak føre vidare klima- og energiforskinga innanfor landbruks- og matsektoren. Næringsretta forsking på matområdet blir prioritert. Løyvinga til Matprogrammet foreslås auka med 6 mill. kroner.

Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak på om lag 14,2 milliardar kroner. Dette er ein auke på 426,9 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2010. Auken skuldast i hovudsak satsingar innanfor jordbruksavtalen. For verkemiddel i skog- og energipolitikken er klimaretta tiltak prioriterte.

Hovudsatsinga på jordbruksavtalen er knytt til å:

  • leggje til rette for ei klar nivåheving i inntektene

  • prioritere mjølkeproduksjon og grasbasert husdyrhald for å nå målet om å sikre eit landbruk med ein variert bruksstruktur, oppretthalde eit levande landbruk over heile landet og ha særskilt merksemd på område med svakare utvikling i produksjon og arealbruk

  • sørgje for gode velferdsordningar og sikre distrikts- og strukturprofilen i verkemidla, mellom anna gjennom ei særskilt styrking av fraktordningane for kjøtt og korn/kraftfôr

  • styrkje landbrukets miljøprofil og klimatiltak

  • ta vare på kulturlandskapet, auke beiting med husdyr og styrkje klimatiltaka

  • auke innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på auka produksjon og forbruk

Dei økonomiske ordningane retta mot skogbruket kjem både frå jordbruksavtalen og statsbudsjettet. Med framlegget i budsjettet vil samla ramme til skog, klima- og energitiltak i denne sektoren auke med 6 mill. kroner frå 2010 til 2011, til 290,5 mill. kroner.

Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

Landbruks- og matforvaltning m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet

143 195

131 410

133 181

1,3

Sum kategori 15.00

143 195

131 410

133 181

1,3

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

193 225

170 108

168 214

-1,1

1115

Mattilsynet

1 199 608

1 174 073

1 167 996

-0,5

Sum kategori 15.10

1 392 833

1 344 181

1 336 210

-0,6

Forsking og innovasjon

1137

Forsking og innovasjon

382 205

407 831

402 771

-1,2

Sum kategori 15.20

382 205

407 831

402 771

-1,2

Næringsutvikling, ressurs- forvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

27 007

28 320

37 320

31,8

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

32 359

35 584

39 584

11,2

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

110 574

118 112

118 112

0,0

1143

Statens landbruksforvaltning

340 441

352 370

357 218

1,4

1144

Regionale og lokale tiltak i landbruket

5 721

4 292

6 592

53,6

1147

Reindriftsforvaltninga

62 007

59 983

60 353

0,6

1148

Naturskade – erstatningar

63 527

87 000

90 000

3,4

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

64 958

69 756

65 756

-5,7

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

12 471 147

12 928 206

13 337 606

3,2

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

95 391

101 000

101 000

0,0

1161

Statskog SF – forvaltningsdrift

23 226

23 969

21 969

-8,3

Sum kategori 15.30

13 296 358

13 808 592

14 235 510

3,1

Sum utgifter

15 214 591

15 692 014

16 107 672

2,6

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

Landbruks- og matforvaltning m.m.

4100

Landbruks- og matdepartementet

16 198

517

100

-80,7

Sum kategori 15.00

16 198

517

100

-80,7

Matpolitikk

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

18 127

17 870

18 656

4,4

4115

Mattilsynet

147 348

142 563

135 346

-5,1

Sum kategori 15.10

165 475

160 433

154 002

-4,0

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4138

Støtte til organisasjonar m.m

2 451

2 478

7 194

190,3

4143

Statens landbruksforvaltning

40 544

34 551

35 622

3,1

4147

Reindriftsforvaltninga

2 065

35

36

2,9

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

18 306

53 150

10 000

-81,2

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

809 601

731 143

738 767

1,0

Sum kategori 15.30

872 967

821 357

791 619

-3,6

Forretningsdrift

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

4 246

750

750

0,0

5652

Innskottskapital i Statskog SF

13 400

5 000

5 000

0,0

Sum kategori 15.40

17 646

5 750

5 750

0,0

Sum inntekter

1 072 286

988 057

951 471

-3,7

1.4 Oppmodingsvedtak

Det er ikkje fatta oppmodingsvedtak på Landbruks- og matdepartementet sitt område i stortingssesjonen 2009-2010.

1.5 Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2010

Forslag 2011

1115

23

Særskilde prosjekt

21 297

6 000

1138

70

Støtte til organisasjonar

20 447

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

2 806

16 873

1139

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak

2 037

19 655

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning

1 687

19 929

1143

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren

700

361

1143

74

Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering

3 657

15 096

1144

77

Regionale og lokale tiltak i landbruket

574

6 592

1147

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark

971

8 904

1147

82

Radioaktivitetstiltak

2 572

2 500

1149

71

Tilskott til verdiskapings- og klimatiltak i skogbruket m.m.

134 546

62 485

1150

70

Marknadsregulering

213 900

1150

74

Direkte tilskott

7 810 119

1150

77

Utviklingstiltak

211 230

1150

78

Velferdsordningar

1 759 704

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

61 800

Løyvingar blir i stor grad tildelt prosjekt som ikkje blir avslutta ved årsskiftet. Det kan dermed komme utbetalingar i påfølgjande år.

Når det gjeld løyvingane under kap. 1150 og 1151 inngår desse i den samla ramma som blir fastsett i næringsavtalane mellom staten og næringsorganisasjonane. Ein mindre del av desse løyvingane kjem normalt ikkje til utbetaling i budsjettåret utan at dette bryt med kravet om realistisk budsjettering innanfor budsjettåret. Dette skuldast dels at ein på førehand ikkje kan berekne med full visse når tilskotta kjem til utbetaling, og dels at departementet fastset satsane slik at risiko for overskriding av budsjettet blir redusert. Fordi midlane utgjer ein del av den samla ramma for næringsavtalane, finn departementet det mest rett å føre desse over til avtaleforhandlingane komande år. Stortinget blir såleis i proposisjonane om jordbruksoppgjeret og reindriftsavtalen orientert om storleiken på midlane som er ubrukte i budsjettåret som var og korleis partane ønskjer å nytte desse i den nye avtaleperioden.