Del 2
Budsjettframlegg
2 Nærare omtale av løyvingsforslaga
Programområde 15 Landbruk og mat
Programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltning
Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 143 195 | 131 410 | 133 181 | 1,3 |
Sum kategori 15.00 | 143 195 | 131 410 | 133 181 | 1,3 |
Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 16 198 | 517 | 100 | -80,7 |
Sum kategori 15.00 | 16 198 | 517 | 100 | -80,7 |
Mål og strategiar
Landbruks- og matdepartementet forvaltar politikken innanfor ein sektor som har eit breitt samfunnsansvar. Landbruks- og matpolitikken spelar ei avgjerande rolle for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Matproduksjon, jordbruk, skogbruk, reindrift og landbruksbaserte tilleggsnæringar er sentrale for den samla verdiskapinga, for å oppretthalde hovudtrekka i busetjingsmønstret og utvikle lokalsamfunna over heile landet og for å ivareta klima, miljø og oppretthalde kulturlandskapet.
Landbruks- og matforvaltninga har dermed eit breitt ressursforvaltningsansvar som er knytt til heile verdikjeda, mellom anna til primærprodusent, næringsmiddelindustri og omsetningsledda. Landbruks- og matforvaltninga er avhengig av legitimitet i samfunnet, og må derfor ha ressursar til å møte dei høge krava til standardar forbrukarar, industri og andre samfunnsektorar set. Tilsyns- og rettleiingsoppgåvene som til dømes Mattilsynet utfører er viktige for forbrukarane, næringsmiddelindustrien, reiselivs- og serveringsbedriftene, omsetningsledda, fiskeeksporten og landbruksnæringane. Deltaking i og oppfølging av internasjonale prosessar set òg dagsorden, og forvaltninga står ofte overfor komplekse utfordringar som krev meir ressursar og annan kompetanse enn tidlegare.
Andre sentrale samfunnsoppgåver er arbeid med sikring av miljø, berekraftig utvikling i bruken av arealressursane og at det blir lagt til rette for nye næringar og vidareutvikling av landbrukseigedommane. I den langsiktige eigedoms- og ressursforvaltninga må både nærings-, klima- og miljøomsyn og omsyn til alternativ ressursbruk vurderast, jf. Kat. 15.30.
Klimasatsinga i landbrukspolitikken blir følgd opp med tiltak frå St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, jf. kat. 15.30.
Gjennomføring av politikken
Landbruks- og matdepartementet tek hand om rolla som sekretariat for den politisk leiinga, noko som inneber utvikling av politikkområdet og at ein må sjå til at politikken blir gjennomført. Oppgåvene rettar seg mot landbruks- og matpolitikk, skog- og ressurspolitikk, forskingspolitikk, innovasjon og regionalpolitikk og forvaltningspolitikk, i tillegg til informasjonsverksemd og administrative og økonomiske funksjonar. Departementet legg stor vekt på samordning og koordinering med andre sektorar for ei best mogleg tilpassing av politikken.
Landbruks- og matdepartementet har sju underliggjande verksemder og skal setje mål, gi rammer, rettleie og følgje opp resultat i desse verksemdene i samsvar med gjeldande lover, reglar og politiske retningslinjer. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning og Reindriftsforvaltninga. Dei fire forskingsinstitutta Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Veterinærinstituttet (VI) og Norsk institutt for skog og landskap er organiserte som forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Sjå nærmare omtale under kat. 15.10, 15.20 og kat. 15.30.
Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet. Oppgåveløysinga er såleis fordelt mellom nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå.
Fylkesmannen og Innovasjon Norge forvaltar økonomiske og juridiske verkemiddel på Landbruks- og matdepartementet sitt område og er pådrivarar for utvikling innan landbruket. Fylkesmannen og Innovasjon Norge er administrativt underlagt høvesvis Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.
Fylkeskommunane fekk frå 1.1.2010 eit medansvar for gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken. Gjennom å leggje til rette for auka verdiskaping, ressursforvalting og miljøinnsats skal fylkeskommunane bidra til betre måloppnåing på landbruksområdet. Mangfaldet av oppgåver på landbruks- og matområdet gir gode moglegheiter for å sjå koplingar mot andre sektorar og område knytt til utvikling av regionalt næringsliv og utvikling av lokalsamfunn. I den samanhengen er det viktig at landbruket blir ein integrert del av fylkeskommunane si verksemd og inngår som ein del av fylkeskommunane sin generelle næringspolitikk. Oppgåvene blir finansierte gjennom inntektssystemet. Det regionale partnarskapet mellom fylkesmennane, Innovasjon Norge og fylkeskommunane må vidareutviklast for å få ei god måloppnåing i landbruks- og matpolitikken.
Kommunane skal framleis ha ei aktiv rolle i gjennomføringa av landbrukspolitikken. Dei har ei viktig rolle som aktør innan samfunns- og næringsutvikling gjennom forvaltning av juridiske og økonomiske verkemiddel. Fylkesmennene, Innovasjon Norge og fylkeskommunane skal gjennom samarbeid i det regionale partnarskapet bidra til å gjera kommunane til betre støttespelarar for entreprenørar og lokalt næringsliv.
Ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning med høg kvalitet og stor grad av medverknad
Landbruks- og matdepartementet skal gjennomføre og utvikle landbruks- og matpolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane. Å gjennomføre politikken krev ei open, brukarretta og effektiv forvaltning som legg vekt på fornying og som er tilpassa innbyggjarane og næringsverksemdene sine behov. Målet er mindre administrasjon og meir lokal fridom som sikrar innbyggjarane betre kunnskap om og innverknad på politikkutforminga. Viktig i samband med dette er tiltak som minkar rapporteringsbyrda og sikrar betre kontroll og høgare servicenivå for dei næringsdrivande i sektoren, samtidig som den informasjonen forvaltninga spør etter i stor grad skal vere data som kan gjenbrukast.
Det har vore gjennomført store organisatoriske endringar og effektivisering av landbruks- og matforvaltninga dei siste 10 åra. Formålet med arbeidet har vore, og er framleis, å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og -nivåa. Omorganiseringane omfattar utskiljing av oppgåver frå departementet og omstrukturering av verksemder. Forutan effektiviseringsgevinstar og ressursinnsparingar som følgje av omstilling og IKT-utvikling i verksemdene, er målet at dette òg skal komme næringsdrivande, næringsmiddelindustrien, brukarane og andre forvaltningsnivå til gode.
For å møte utfordringane innanfor FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt har departementet dei siste åra gjennomført fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp vedtaka i Innst. S. nr. 176 (2007-2008) frå Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskole, jf. kat. 15.20.
Departementet har sett i verk ei evaluering av den offentlege forvaltninga av reindrifta i Noreg. Evalueringa har fokus på forvaltninga, styringsorgana og departementet si handtering av oppgåver, samt på samspillet mellom desse institusjonane.
Ein viser til nærmare omtale under kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet.
Økonomiregelverket i staten
Siktemålet med økonomiregelverket i staten er m.a. å sikre at:
statlege midlar blir nytta og inntekter blir nådde i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader
fastsette mål og resultatkrav blir nådde
statlege midlar blir nytta effektivt
statens materielle verdiar blir forvalta på ein forsvarleg måte
Størstedelen av løyvingane under Landbruks- og matdepartementet er tilskott, og særleg gjeld dette løyvingar til oppfølging av jordbruksavtalen. Under jordbruksavtalen, og i nokon grad under reindriftsavtalen, er det ei rekkje ordningar som har ei innretning som ikkje er tilpassa normalprosedyren for tilskottsforvaltning slik denne er fastsett i økonomiregelverket. Særleg gjeld dette resultatrapportering, men òg andre delar av normalprosedyrane må tilpassast eller er uaktuelle, jf. nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Landbruks- og matdepartementet, side 31. Etter pkt. 6.4.2 i Bestemmelser om økonomistyring i staten kan departementet gjere avvik frå normalprosedyren for tilskottsforvaltninga når det gjeld tilskottsordningar til landbruksområdet som ikkje er tiltaksretta. Under omtalen i kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. og kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen, er det gjort nærmare greie for dette.
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 130 420 | 128 320 | 130 331 |
45 | Store utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 12 528 | 2 835 | 2 595 |
50 | Store utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter | 247 | 255 | 255 |
Sum kap. 1100 | 143 195 | 131 410 | 133 181 |
Formål med løyvinga
Landbruks- og matdepartementet har ansvar for å følgje opp dei prioriteringane og retningslinjene som Stortinget og regjeringa legg for landbruks- og matpolitikken. Departementet sitt ansvarsområde er knytt til områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, husdyrhald, klima- og miljøtiltak innanfor sektoren og utvikling av nye landbruksbaserte næringar. Departementet er ein viktig premissleverandør når det gjeld samfunnsoppgåver som er særs viktig for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Dette gjeld mellom anna oppgåver som matproduksjon, matforsyning, trygg mat, areal- og ressursbruk, næringsutvikling og nyskaping, tilrettelegging for friluftsliv og rekreasjon, distriktsutvikling og utanrikshandel. Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde dekkjer heile kjeda frå primærprodusent til forbrukar. Dette inneber at forholdet til næringsmiddelindustri og annan næringsverksemd, samt sal og omsetning av landbruksvarer er viktig.
Departementet har ein viktig funksjon som sekretariat for politisk leiing. Gjennom analyser og utgreiingar skal departementet sikre det faglege grunnlaget for politiske avgjerder i landbruks- og matpolitikken. Styring og oppfølging av verksemdene står sentralt for å nå dei politiske måla. Andre sentrale oppgåver for departementet er kommunikasjon av landbruks- og matpolitikken for å få tilslutning og legitimitet i samfunnet, arbeid med oppfølging av internasjonale forpliktingar og sikring av aktiv deltaking i internasjonale fora. Målretting og resultatoppfølging av økonomiske og juridiske verkemiddel, og avklaring av roller og oppgåver i departementet i samspel med andre offentlege og private aktørar er òg vesentleg. Dette er viktig m.a. for å leggje til rette, gi betre kontroll og høgare servicegrad for brukarane.
Organiseringa av departementet er fleksibel og tilpassa oppgåveporteføljen og rolla som sekretariat for den politiske leiinga. Ein søkjer å ha ein målretta og effektiv bruk av ressursane og best mogleg utnytting av den samla kompetansen i departementet.
Resultatrapport 2009
Under resultatrapport 2009 synleggjer departementet nokre av dei høgast prioriterte politiske sakene og han vil såleis dels også vere ei tilstandsvurdering. Ein viser òg til statusomtaler og resultatrapporteringar under dei andre programkategoriane.
Internasjonale avtaler og prosessar legg rammer for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde. Regjeringa si overordna målsetjing for forhandlingar på landbruksområdet er å sikre at det òg i framtida vil vere rom for å føre ein nasjonal landbrukspolitikk. Dette gjelder særleg forhandlingane om ein ny avtale i Verdas handelsorganisasjon (WTO) og avtalar innanfor EØS-samarbeidet.
FN sitt skogforum og samarbeidet i Forest Europe er viktige prosessar for utviklinga av skogpolitikken i Noreg. Noreg har for tida leiarskapet av Forest Europe.
Regjeringa arbeider internasjonalt for å utvikle landbruket og betre matsituasjonen i verda. Mellom anna vidareførar regjeringa Noreg si rolle som brubyggjar innanfor det internasjonale samarbeidet om genressursar i FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og i Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD).
Landbruks- og matdepartementet følgjer dei internasjonale prosessane nøye, jf. kat. 15.10 og 15.30.
Stortinget behandla St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen hausten 2009. Meldinga gir ein brei og grundig gjennomgang av klimautfordringane og landbruket si rolle. Departementet prioriterar arbeidet med oppfølging av stortingsmeldinga høgt. Dette er nærmare omtalt under kat. 15.30.
Landbruks- og matdepartementet har sett i gang arbeidet med ei ny melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken. Meldinga skal leggjast fram våren 2011.
I slutten av februar oppnemnte regjeringa Matkjedeutvalet. Utvalet skal kartleggje styrkeforholda, vurdere utviklinga og foreslå tiltak som ivaretek forbruksinteresser med tanke på pris, vareutval, kvalitet og tilgjenge. Utvalet skal òg belyse mogelegheitene for meir openheit og innsyn i heile matvarekjeda for å sikre tilfredsstillande samfunnsmessig kontroll.
Reglane om priskontroll ved sal av landbrukseigedommar er endra slik at det kan aksepterast ein høgare pris på gardsbruk enn tidlegare. Den nedre grensa for når eit sal kjem under reglane for priskontroll blei auka, og summen seljaren kan leggje til for buverdi blei sett opp. Dette kan leggje til rette for at fleire gardsbruk kan kome på sal og få fast busetnad.
Ny lov om dyrevelferd trådde i kraft 1.1.2010. Lova legg grunnlaget for god dyrevelferd og respekt for dyr. Lova skal vere eit viktig verkemiddel i departementet sitt arbeid med å betre dyrevelferda og førebyggje dyretragediar.
Departementet er i sluttfasa av eit arbeid med ny jordskiftelov som mellom anna inneber ei forenkling av lovverket.
Ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning med høg kvalitet og stor grad av medverknad
Kommunikasjon og ei open forvaltning
Landbruks- og matforvaltninga skal vere ei open forvaltning. Departementet skal raskt gå ut med kunnskap som ligg føre på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at innbyggjarane får svar på spørsmåla sine og innsyn i verksemda i sektoren. I tråd med intensjonane bak offentleglova skal departementet vise meiroffentlegheit så langt rå er.
Skal Landbruks- og matdepartementet lukkast i målet om større demokratisk deltaking frå innbyggjarane, må dei ulike kanalane for informasjon utviklast vidare. Dette gjeld òg med tanke på å auke kunnskapen om politikkområdet og stimulere til ein meiningsfylt samfunnsdebatt.
Landbruks- og matforvaltninga har dei seinare åra satsa offensivt på Internett som kanal for kommunikasjon. Departementet arbeider kontinuerleg med å utvikle vidare nettsidene på www.regjeringen.no/lmd. Dette er ein vesentleg del av innsatsen for å presentere informasjon som skapar interesse og har høg truverde på ein brukarvenleg måte. Den offentlege postjournalen blir lagt ut på departementet si nettside. Det gir allmenta høve til å få informasjon og kunnskap om departementet sine fag- og politikkområde.
Landbruks- og matdepartementet må kjenne til den kunnskapen som finst og dei haldningar som gjer seg gjeldande innan landbruks- og matområdet. Ei slik kartlegging og analyse av samfunnet er nødvendig for å styrkje dialogen med eksterne interessentar og aktørar.
Ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk
Landbruks- og matforvaltninga skal vere open og effektiv og yte gode tenester basert på brukarane sine behov. Det trengst kompetanse og dugleik for å kunne levere tenester av god kvalitet. Departementet legg vekt på kompetanse, talent- og karriereutvikling og eit inkluderande arbeidsliv med eit sterkare mangfald. Å utvikle eit arbeidsmiljø prega av tillit, gode haldningar og etisk medvit er ei prioritert oppgåve. Dette set store krav til leiarane og til medverknad frå dei tilsette og organisasjonane deira.
Etatsstyring
Forvaltninga er eit verktøy for utøving av sektorpolitikk og tenesteyting. Forvaltninga skal kunne styrast politisk og vere brukartilpassa og formåls- og kostnadseffektiv. Landbruks- og matdepartementet har delegert mykje av politikkgjennomføringa til underliggjande verksemder. Gjennom aktiv og målretta styring og dialog med dei underliggjande verksemdene, følgjer Landbruks- og matdepartementet opp regjeringa sine mål og prioriteringar.
Dei underliggjande verksemdene har dei seinare åra fått fleire og meir samansette oppgåver. Dette har gjort etatsstyringa til ei større og meir krevjande oppgåve, og det er derfor eit sentralt arbeidsområde i departementet. På det administrative området legg departementet særleg vekt på at verksemdene skal ha høg merksemd på oppfølging av riksrevisjonssaker og god personal- og økonomiforvaltning. Departementet har såleis ei kontinuerleg merksemd på system for intern kontroll og risikostyring, både internt i departementet og i underliggjande verksemder.
Fornying ved bruk av IKT
Landbruks- og matdepartementet legg stor vekt på å leggje til rette for gode og brukarvenlege digitale løysingar for brukarane og næringsdrivande.
Alle tenester som ikkje krev brukarnærleik skal vere tilgjengeleg digitalt slik at brukarane kan rette seg mot verksemdene når dei sjølve skulle ønskje. Brukarane skal ikkje trenge å gi opplysningar som forvaltninga allereie kjenner til. Dei digitale tenestene skal vere så brukarvennlege at brukarane føretrekk å nytte dei framfør manuelle tenester.
Utvikling av IKT-løysingar skal bidra til ein enklare kvardag for brukarane ved at tenestene får høgare kvalitet og auka servicenivå. Til dømes vil elektronisk saksbehandling gjere at saker blir behandla raskare, og det vil òg bidra til likebehandling. Systema i dei forskjellege verksemdene skal byggast etter dei vedtekne prinsippa for IKT-arkitektur, mellom anna tenesteorientering, interoperabilitet og openheit og slik leggje til rette for betre utveksling av informasjon mellom verksemdene. Dersom det ikkje medførar utilsikta konsekvensar, nyttast felleskomponentar og -tenester som til dømes Altinn når nye tenester blir utvikla.
I landbruks- og matforvaltninga har det over tid blitt arbeidd med å utvikle elektroniske tenester, og det meste av kontakta med og mellom verksemdene i sektoren kan i dag gjerast elektronisk. Forvaltninga tilbyr tenester retta mot både næringsdrivande og forbrukarar, samt nettenester og dataregister som kan nyttast av andre verksemder. Dei underliggjande verksemdene legg informasjon om tenestene og korleis desse avheng av kvarandre ut i ein tenestekatalog. Tenestekatalogen er eit verktøy for å skape oversikt, og bidrar til samhandling i den vidare utviklinga av elektroniske tenester i forvaltninga.
eSporingsprosjektet ble etablert i 2007 som eit tiltak for å styrkje sporinga på mat etter E.coli-saken i 2006. Prosjektet er ein dugnad mellom matdepartementa og matbransjen innan blå og grøn sektor. Hausten 2010 vil det bli gjennomført ein omfattande test av e-sporingsløysinga som er utvikla i prosjektet, jf. kat. 15.10.
Nærmare omtale av verksemdene si IKT-utvikling er gjort greie for under den enkelte verksemda sitt budsjettkapittel.
Samfunnstryggleik og beredskap
Samfunnstryggleik og beredskap er prioriterte område for Landbruks- og matdepartementet. Omsynet til liv og helse er overordna. Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar innanfor samfunnstryggleik og beredskap er i hovudsak knytt til produksjon av mat og mattryggleik.
Sentralt i arbeidet med mattryggleik er målsetninga om at næringsmiddel skal vere fri for smitte og skadelege framandstoff. Det er vidare eit mål at landet skal haldast fritt for alvorlege dyresjukdommar og sjukdom og skadedyr på planter.
Landbruks- og matdepartementet har ei rolle i å bidra til at industri og handel kan oppretthaldast for å sikre forsyningar til den norske marknaden i eventuelle kriser. Beredskapssystema er basert på og dimensjonert ut frå, at primærnæringane utgjer ein stabil forsyningsbase for norske forbrukarar òg i kriser.
Beredskapsplanar blir justerte ved jamne mellomrom, særleg dersom hendingar eller øvingar viser behov for dette, slik at det til einkvar tid er eit høveleg reiskap til bruk ved beredskap og kriser. Departementet legg særskilt vekt på informasjon under kriser.
Særskilde tiltak på samfunnstryggleik- og beredskapsområde blir omtalte under programkategoriane og dei ulike fagkapitla.
Forvaltning av departementet sine eigedommar
Departementet forvaltar mange eigedommar og ein stor bygningsmasse. Eigedommar og bygningar som ikkje lenger er vesentlege for departementet å behalde blir vurdert avhenda. I samband med gjennomføringa av Bioforsk sin omstillingsplan er den store eigedomsmassen som Bioforsk disponerer gått gjennom for å finne ut kva forskingsverksemda har behov for. I 2009 selde departementet eigedommen Sæter i Tynset og bygningar ved eigedommane Holt i Tromsø og Tjøtta i Alstahaug. I tråd med Prop. 51 S (2009-2010) blei inntektene nytta til å kjøpe eigedommen Apelsvoll i Austre Toten. Departementet har i 2009 òg mottatt inntekter frå sal av areal ved Kjeller gard i Skedsmo.
I 2009 blei det nytta 1,5 mill. kroner til å oppgradere gjestegarden på Staur i Stange, jf. kap. 5651, post 85. Midlar over kap. 1100, postane 45 og 50 blei òg nytta til arbeid med reguleringsplan ved Kjeller gard, til utarbeiding av landsverneplanar for eigedommar departementet forvaltar og til diverse vedlikehald.
Budsjettframlegg 2011
Post 01 Driftsutgifter
Landbruks- og matdepartementet skal dekkje eit breitt forvaltningsområde gjennom sitt ansvar for landbruks- og matpolitikken. Posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til departementet. Ein gjer framlegg om ei løyving på 130,3 mill. kroner.
Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan
Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinære utgifter i departementet, ved departementet sine eigedommar og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved dei ordinære forvaltningsorgana under departementet. Hovudregelen er likevel at ordinært vedlikehald og innkjøp knytt til eigedommane blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene. Løyvinga kan òg nyttast til utgifter knytt til sal og taksering av eigedommar.
Departementet og verksemder under departementet forvaltar eigedommar og disponerer ein stor bygningsmasse, jf. Særskilt vedlegg til Prop. 1 S (2009-2010) Oversikt over statens eigedommar. I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt å selje festetomter/tomter, bygningar, areal til utbyggingsformål, veggrunn m.m. Departementet gjer derfor framlegg om at Landbruks- og matdepartementet kan selje innkjøpt og opphavleg statseigedom for inntil 8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V, første ledd. Det er òg venta at reguleringsplanen for Kjeller gard i Skedsmo vil vere klar i 2011. Departementet gjer derfor framlegg om ein særleg fullmakt knytt til inntekter frå sal her, jf. forslag til vedtak V, andre ledd.
Departementet gjer vidare framlegg om at inntekter frå sal kan nyttast til ombygging og ekstraordinært vedlikehald av bygningsmassen. Departementet gjer òg framlegg om at unytta meirinntekt frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten, jf. forslag til vedtak II.
Posten sjåast i samanheng med, og kan nyttast under, post 50.
Post 50 Store utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved departementet sine eigedommar og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved forvaltningsorgana under departementet som får løyvd midlar over 50-postar. Hovudregelen er likevel at ordinært vedlikehald og innkjøp knytt til eigedommane blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene over kap. 1112 og 1141.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Refusjonar m.m. | 25 | 517 | 100 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 595 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 847 | ||
40 | Sal av eigedom | 11 731 | ||
Sum kap. 4100 | 16 198 | 517 | 100 |
Programkategori 15.10 Matpolitikk
Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 193 225 | 170 108 | 168 214 | -1,1 |
1115 | Mattilsynet | 1 199 608 | 1 174 073 | 1 167 996 | -0,5 |
Sum kategori 15.10 | 1 392 833 | 1 344 181 | 1 336 210 | -0,6 |
Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
4112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 18 127 | 17 870 | 18 656 | 4,4 |
4115 | Mattilsynet | 147 348 | 142 563 | 135 346 | -5,1 |
Sum kategori 15.10 | 165 475 | 160 433 | 154 002 | -4,0 |
Mål og strategiar
Regjeringa sin matpolitikk dekkjer heile produksjonskjeda frå jord og fjord til bord.
Hovudmåla er å:
sikre trygg mat
fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Andre viktige omsyn er:
sunt kosthald og gode matopplevingar
nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon
Produksjon og omsetnad av mat endrar seg gradvis frå å vere lokal til i aukande grad å bli regional eller global. Dette krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn for å sikre at maten er trygg og at den møter forbrukarane sine krav. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.
Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Dette kjem mellom anna til uttrykk gjennom EØS-avtalen og avtaler knytt til WTO. Hovuddelen av norsk regelverk på matområdet er EØS-basert. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Som del av oppfølginga av meldinga har Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, utarbeidd felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU.
Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar) og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE). Desse organisasjonane utviklar standardar som legg premissar både for regelverket i EU og for handel.
Regjeringa ønskjer at forbrukarane skal ha høg tillit til all mat på marknaden og til norsk matproduksjon. Produksjon og omsetnad av trygg mat er ein sentral føresetnad for dette. Ein vil leggje vekt på forbrukarane sine ønskje og behov. Ut over vanlege høyringar, skal forbrukarane ha høve til å påverke politikkutviklinga direkte, mellom anna gjennom forbrukarundersøkingar og innhenting av kunnskap om forbrukarhaldningar. Døme på dette er fokusgrupper og ulike møteplassar mellom styresmakter, forbrukarar og produsentar.
Ein mangfaldig matmarknad og relevant, lett tilgjengeleg og rett informasjon er viktige føresetnader for at forbrukarane kan utøve makt i matmarknaden. Gode merkeordningar for mat skal medverke til dette.
Det er aukande interesse for helse, ernæring og matkultur. Regjeringa vil møte ønskje og påverke kunnskap og vanar hos forbrukarane på ein positiv måte, samtidig som ein tek omsyn til forbrukarane sitt eiget ansvar og deira valfridom. Gjennom Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 – 2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold vil regjeringa leggje til rette for at forbrukarane skal ha god tilgang til sunn og god mat som er enkel å velje. Aktiv førebygging og tiltak tidleg når folk har blitt sjuke, mellom anna gjennom sunnare kosthald og tilpassa fysisk aktivitet, er òg viktige element i regjeringa sin helsepolitikk, jf. St.meld. nr. 47 (2008-2009) Samhandlingsreformen.
I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen peikar regjeringa på at klimaendringar aukar risikoen for at nye planteskadegjerarar, dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Forventa smittepress må møtast med god beredskap, overvaking og førebyggjande tiltak. God dyrehelse og friske dyr er grunnlaget for trygg mat og god dyrevelferd. Trygge innsatsvarer og god plante- og dyrehelse blir òg i stadig sterkare grad akseptert som ein føresetnad for berekraftig ressursforvaltning og matforsyning, både nasjonalt og internasjonalt. Regjeringa har som mål å halde oppe den gode plante- og dyrehelsa som er eit resultat av systematisk arbeid i næring og forvaltning gjennom mange år.
Regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring, som blei presentert 1. april 2009, inneheld mål og tiltak innanfor dei fem viktigaste områda der havbruksnæringa påverkar miljøet omkring. Sjukdom i oppdrett og sjukdomsinteraksjon mellom villfisk og oppdrettsfisk er eit av desse områda. Det blir i strategien peika på at lakselus er den viktigaste utfordringa for havbruksnæringa når det gjeld sjukdom og miljø.
Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar rettleiing, tilsyn, kartlegging og overvaking langs heile matproduksjonskjeda og der mat blir omsett til forbrukarane. Mattilsynet har òg viktige oppgåver innanfor regelverksutviklinga.
Ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd, og når det er nødvendig å handheve regelverket ved å nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde. Aktiv rettleiing om regelverket er viktig. Mattilsynet skal arbeide for å halde oppe og vidareutvikle tilliten til matforvaltninga og matproduksjonen.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er grunnleggjande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA). Ein viser òg til Prop. 1 S (2010-2011) for Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 703 og 711.
Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet er viktig for å gi grunnlag for at forvaltninga er godt fagleg og vitskapleg fundert.
Særskilte prioriteringar frå dei enkelte matdepartementa
Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet og fastsett i kongelege resolusjonar. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom departementa.
Ansvaret etter matlova er delt. Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for alle omsyn etter matlova i innsatsvare- og primærproduksjonen, inkludert jakt, fiske og hausting av ville bestandar og viltveksande vekstar. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for plantehelse og landdyrhelse, mens ansvaret for fiskehelse ligg i Fiskeri- og kystdepartementet. Etter primærproduksjonen har Helse- og omsorgsdepartementet ansvar for alle reglar som er fastsett av omsyn til folkehelsa og for ei rekkje reglar som skal fremje både folkehelse og forbrukaromsyn. Døme på dette er reglar om hygiene, generelle merkereglar for mat, reglar om tilsetjings- og framandstoff og om genmodifisert materiale i mat. I tillegg har Helse- og omsorgsdepartementet ansvaret for reglar om produksjon av drikkevatn langs heile produksjonskjeda.
Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for storparten av kvalitetsreglane og reglar som er fastsett av omsyn til aktørane i matproduksjonskjeda, til dømes for å betre marknadstilgangen eller verne om særskilte produksjonsformer eller produktnamn. Ansvaret mellom dei to departementa er delt ut frå om reglane er knytt til produksjon på land eller i vatn.
Dyrevelferd er regulert i dyrevelferdslova. Landbruks- og matdepartementet har ansvar for regelverk knytt til landdyr, mens Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for regelverk knytt til fisk og andre akvatiske dyr.
Fiskeri- og kystdepartementet
Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at den blir føretrekt på den globale marknaden. Departementet legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsett og utøvd på ein slik måte at ein ikkje skaper konkurransevridingar, samtidig som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.
Det meste av norskprodusert sjømat blir eksportert, og ein må ta omsyn til krava i dei ulike marknadene. Kontakt med styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen for sjømat.
Den internasjonale handelen med sjømat må skje i samsvar med internasjonale avtaler og vere basert på internasjonalt fastsette standardar. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise importkrav, legg departementet vekt på at Noreg må vere leiande på risikovurderingar og forsking når det gjeld sjømat og fiskehelse. Dette legg grunnlaget for at norske synspunkt blir høyrde i internasjonale fora som fastset regelverk og standardar, som EU, Codex Alimentarius Commission og OIE.
Havbruksnæringa er ei viktig næring for Noreg, og meir enn halvparten av verdien av sjømateksporten kjem frå denne næringa. For at norsk havbruksnæring skal ha ein vidare vekst innanfor miljømessig berekraftige rammer, må utfordringar mellom anna knytt til sjukdom og lakselus, store produksjonseiningar, transport og driftsstruktur handterast.
Det er klare positive helseeffektar av å ete sjømat, men det er framleis eit stort kunnskapsbehov på dette området. Å synleggjere dei gunstige helseeffektane av sjømat er viktig. Departementet legg vekt på at tilgjengeleg fagleg og vitskapleg basert informasjon når fram til forbrukarane på ein tenleg måte.
Helse- og omsorgsdepartementet
Departementet legg særleg vekt på omsynet til folkehelsa. Når det gjeld mattryggleik, vil departementet ha særleg merksemd på at foredling og omsetnad av mat går føre seg på helsemessig forsvarleg og ærleg vis. Drikkevatn som ikkje oppfyller krava, er stadig ein viktig årsak til sjukdom. Departementet vil leggje særleg vekt på arbeid for å sikre at alt drikkevatn skal vere trygt.
Departementet legg vekt at forbrukarane skal få rett, god og enkel informasjon om matvarene. Dette er viktig for å fremje så vel folkehelse som forbrukaromsyn.
Ernæring og mattryggleik er ein del av folkehelsearbeidet. Folkehelsearbeidet er forankra i St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge. Målet er å medverke til fleire leveår med god helse i befolkninga og å redusere helseskilnader mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn. Dette blir nærmare omtalt i St.meld. nr. 20 (2006-2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller.
Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 – 2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold presenterer regjeringa sine tiltak for å fremje helse og førebyggje sjukdom gjennom eit sunnare kosthald. Planen legg vekt på å bidra til å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre, å styrkje arbeidet med ernæring i helsetenesta og å styrkje kunnskapen om mat, kosthald og ernæring i befolkninga. Tiltaka skal bidra til å jamne ut sosial ulikskap i helse.
Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2010-2011) for Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Mattilsynet har òg ei viktig rolle, særleg når det gjeld merking av næringsinnhald, merking med ernærings- og helsepåstandar, sunnheitsmerking og overvaking av kosthaldet og samansetnaden av matvarene. Det er viktig med godt samarbeid mellom desse etatane.
Departementet er fagleg ansvarleg for kosmetikklova, og legg vekt på at all kosmetikk og alle kroppspleieprodukt skal vere sikre å bruke for folk og dyr.
Departementet er administrativt ansvarleg for Vitskapskomiteen for mattryggleik og vil ha særleg merksemd mot arbeidet i sekretariatet, gode rammevilkår for komiteen sitt arbeid og eit godt samarbeid med EFSA (European Food Safety Authority).
Landbruks- og matdepartementet
I ein situasjon med auka konkurranse frå omverda om den norske marknaden vil produksjon av trygg mat av høg kvalitet vere ein viktig konkurransefaktor for norsk matproduksjon og næringsmiddelindustri. Departementet har juridiske og økonomiske verkemiddel langs heile verdi- og produksjonskjeda for mat frå landbruket. Departementet ønskjer å styrkje heilskapen i landbruks- og matpolitikken, mellom anna slik at verkemidla i næringspolitikken så langt som mogleg støtter opp om matpolitiske mål. Dette skal medverke til utvikling av ein konkurransedyktig, landbasert matvaresektor der ein tek omsyn til heile verdikjeda. Ein god og heilskapleg landbruks- og matpolitikk vil kjenneteiknast av auka verdiskaping og at produksjonen møter forbrukarane sine ønskje om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvennleg produksjon.
Departementet vil ha særleg merksemd mot at innsatsvarer og primærproduksjonen er slik at produksjonen og sluttprodukta fyller matpolitiske mål når det gjeld helse, miljø og forbrukaromsyn. Ei viktig oppgåve er òg å sikre den nasjonale matforsyninga. Verkemidla skal stimulere til ein berekraftig matproduksjon med god plante- og dyrehelse og eit etisk forsvarleg hald av dyr.
Departementet vil arbeide for at god plantehelse, god dyrehelse og god dyrevelferd framleis skal vere komparative fortrinn for norsk landbruk og matproduksjon. Den nye dyrevelferdslova har eit vidt virkeområde og omfattar òg familie- og sportsdyr. Departementet vil leggje vekt på utvikling av eit godt regelverk som er til beste for dyra og dei mange engasjerte eigarane av familie- og sportsdyr i Noreg.
Departementet legg vekt på forsking og kunnskapsutvikling som løftar fram produksjonar som har komparative føremoner når det gjeld mattryggleik og etisk og miljøvennleg produksjon, og som er i tråd med krava frå forbrukarane. Det er òg viktig at kunnskapsutviklinga gir godt grunnlag for innspel i internasjonale regelverkprosessar.
I 2011 blir arbeidet i eSporingsprosjektet sluttført. Prosjektet er eit samarbeid mellom styresmaktene og næringane og skal leggje til rette for elektronisk sporing og informasjonsutveksling i matproduksjonskjeda. Prosjektet legg til rette for at Noreg kan bli leiande internasjonalt på elektronisk sporing i matkjeda. Departementet vil prioritere sluttføring av prosjektet og arbeidet med å førebu at næringa kan overta driftsansvaret for løysinga.
Mål for løyvinga
Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Bioforsk og Veterinærinstituttet. For Veterinærinstituttet viser ein òg til Prop. 1 S (2010-2011) for Fiskeri- og kystdepartementet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål, og skal særleg medverke til å nå måla i matlova, den nye dyrevelferdslova og dyrehelsepersonellova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynet sitt arbeid for å nå måla i kosmetikklova.
Budsjettframlegget under kategorien omfattar ikkje næringspolitiske verkemiddel ut over dei effektane arbeidet til Mattilsynet, Bioforsk og Veterinærinstituttet har på verdiskaping. Til dømes vil arbeidet for mattryggleik og for å fremje god plante- og dyrehelse medverke positivt til verdiskapinga i matproduksjonen. Likeeins vil utvikling av eit tenleg regelverk og aktiv rettleiing leggje til rette for kompetanseheving hos næringsaktørane, og i så måte støtte utvikling av næringsverksemd på matområdet.
Gjennomføring av politikken
Målet om å sikre trygg mat
Maten skal vere trygg, uavhengig av om den er framstilt i Noreg eller i utlandet. Ansvaret for dette ligg hos dei enkelte verksemdene. Tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i kvar del av matproduksjonskjeda medverkar til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdommar som kan bli overførte med smittestoff og framandstoff i innsatsvarer, mat eller drikkevatn.
Det nye regelverket om fôr- og næringsmiddelhygiene og om offentleg kontroll blei vedteke innlemma i norsk rett ved Stortinget sin behandling av St.prp. nr. 46 (2007-2008). Regelverket tredde i kraft i Noreg 1. mars 2010.
Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld smittestoff i mat. I blant ser vi likevel utbrot av alvorlege matborne sjukdommar. Ureint drikkevatn er stadig ei viktig årsak til sjukdom. Det er framleis viktig å sikre gode rutinar og god hygiene i heile matproduksjonskjeda, slik at førekomsten av smittestoff og framandstoff som kan bli overført med mat eller drikkevatn, blir så låg som mogleg. Særleg viktig er effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lett forderveleg mat eller som handterer mat som ikkje er innpakka.
Fleire døme dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og sjukdom hos menneske. Å halde oppe den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig for mattryggleiken.
God dyrehelse og forsvarleg bruk av legemiddel til dyr er sentralt, så vel av omsyn til mattryggleik som dyrevelferd og miljø. Den nye forskrifta om melding av opplysningar om utleverte og brukte legemiddel til dyr tredde i kraft 1. juli 2010, og vil gi betre oversikt over legemiddelbruken.
I tilsynet med vassverk har Mattilsynet avdekka til dels alvorlege manglar og at det er nødvendig med forbetringar i mange vassverk, særleg dei mindre. Med utgangspunkt i ein nasjonal handlingsplan som Mattilsynet har utarbeidd, blir det arbeidd vidare med å forbetre kvaliteten på drikkevatnet. Auka innsats frå Mattilsynet er ikkje nok. For å få resultat som gjer mon, er det òg behov for omfattande investeringar frå eigarane for å betre infrastrukturen, til dømes nye vassreinseanlegg og leidningsnett. Klimaendringar kan gi nye utfordringar for forsyninga av godt og trygt drikkevatn, både når det gjeld råvasskjeldene og leidningsnettet.
Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk bruker av dei ulike matvarene og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider mellom anna med Helsedirektoratet for å oppdatere eksisterande inntaksdata og for å utvide talet på matvarer som ein har inntaksdata for.
Regelverket krev at verksemdene skal kunne dokumentere sporing eitt ledd framover og eitt ledd bakover i matproduksjonskjeda. Kravet til å ha system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut i marknaden, slik at verksemdene kan trekkje desse tilbake på ein effektiv måte og gi rask, rett og klar informasjon til Mattilsynet og forbrukarane.
Erfaring både når det gjeld smittestoff og framandstoff har vist at det er ønskjeleg å etablere sporingssystem som går ut over krava i regelverket, for å få betre sporing mellom alle dei ulike produksjons- og distribusjonsledda.
eSporingsprosjektet blei etablert i 2007 som eit tiltak for å styrke sporbarheita på mat. Prosjektet er eit samarbeid mellom matstyresmaktene og matbransjen. Hausten 2010 blir det gjennomført ein omfattande test av den nye elektroniske eSporingsløysinga som skal kunne brukast av alle aktørar i matbransjen. Planen er at matbransjane skal stifte ei verksemd som skal ta over eigarretten til eSporingsløyinga og ha ansvar for den daglege drifta. Ei undersøking av NOFIMA i 2009 viste at berre 53 pst. av maten i butikk let seg spore tilbake til primærleddet. Dette må betrast. eSporingsprosjektet er òg omtalt i kap. 1115 post 23.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Merking av mat er eit viktig forbrukaromsyn som har stor merksemd frå forbrukarane, matbransjen og styresmaktene. Merking er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene, mellom anna om kva dei inneheld, korleis dei skal handterast og kor dei kjem frå, og for at dei lettare skal kunne velje sunn mat. Det vil framleis bli lagt vekt på å følgje arbeidet med den nye forordninga om matinformasjon, som går føre seg i EU. Det vil òg bli lagt vekt på norsk medverknad i arbeidet med å følgje opp forordninga om kva for påstandar om ernæring og helseeffektar som lovleg kan knytast til mat, særleg med sikte på å få på plass så gode ernæringsprofilar som mogleg.
Ei ordning med frivillig sunnheitsmerking av matvarer (Nøkkelholet) blei sett i verk i 2009. Helsedirektoratet og Mattilsynet følgjer opp med informasjon og tilsyn. Det er viktig å utvikle ordninga vidare og å auka forbrukarane sin kunnskap om ordninga. Det er sett i gang arbeid med å vurdere om ei utviding av ordninga til kiosk-, bensinstasjons- og serveringsmarknaden er rett veg å gå for å få betre tilbod og tilgang til sunne alternativ.
Produksjonen av varer med genmodifisert innhald (GMO) aukar på verdsbasis. Dette gjer det vanskelegare å få tilgang til visse GMO-frie innsatsvarer. Departementa legg derfor vekt på å støtte opp under og påverke utviklinga av regelverk i EU, slik at ein får minst mogleg innblanding av GMO i tradisjonelt GMO-frie innsatsvarer. Mellom anna arbeider ein for ei nullgrense når det gjeld innblanding i såfrø. EU har utarbeidd retningslinjer for dyrking av GMO-vekstar som skal hindre overføring av GMO til konvensjonell eller økologisk produksjon. Det er i dag ikkje godkjent nokon GMO-vekst for dyrking i Noreg, og ein vil halde fram med ei restriktiv linje. Ein vil leggje vekt på oppfølging av GMO-regelverket, mellom anna når det gjeld korrekt merking.
Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Endra klima- og miljøforhold vil krevje høg beredskap mot introduksjon av nye plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar, zoonosar og mot større utbreiing av allereie kjende sjukdommar hos planter, husdyr og vilt. Både planteskadegjeraren furuvednematode og dyresjukdommen blåtunge er aktuelle døme.
Noreg har generelt god plantehelse, men både klimaendringar og aukande import av planter og plantemateriale aukar risikoen for introduksjon av nye planteskadegjerarar. Departementa vil leggje vekt på å ivareta sine sektoransvar for regjeringa sitt arbeid med tiltak mot framande skadelege artar.
Det store produksjonsvolumet i havbruksnæringa krev sterk merksemd på helsetilstanden. Det er derfor nødvendig å fortsette arbeidet for å fremje god fiskehelse. Kontrollen med sjukdom er òg viktig med tanke på å minske smittepresset i miljøet og dermed redusere bruk og utslepp av medikament. Bruken av antibiotika i havbruksnæringa er framleis svært låg. Lakselus er den største utfordringa på fiskehelseområdet. Lakselusa er primært eit problem for villfisken.
Landdyrhelsa i Noreg er framleis god. Dei siste åra er det likevel påvist fleire nye sjukdommar, til dømes blåtunge hos storfe og svineinfluensa hos gris. Det er derfor viktig med god overvaking av sjukdomssituasjonen og god beredskap mot uønska hendingar.
Arbeidet med å fremje god dyrevelferd er viktig. Det er nødvendig med merksemd både mot hald av produksjonsdyr og sports- og familiedyr. Det er viktig å utvikle gode velferdsindikatorar for produksjonsdyr og å utvikle kunnskap om effektar som avlstiltak, ulike driftsformer og system har på dyrevelferda. Dyrevelferd i produksjonen av slaktekylling er eit område det må arbeidast særskilt med.
Gjennom den nye dyrevelferdslova, som tredde i kraft 1. januar 2010, er lovgivinga modernisert. Styresmaktene har både fått betre grunnlag for å bli informert om at dyr lir og meir effektive verkemiddel for å handheve lovgivinga. Lidingar hos og tap av dyr på beite er ei stor utfordring i dyrevelferdsarbeidet. I delar av landet er flåttboren sjukdom og alveld som skuldast forgifting med romegras, eit aukande problem.
Hovuddelen av auken i tap av dyr på beite dei siste 15 åra skuldast rovviltangrep. Regjeringa legg vekt på aktiv forvaltning av rovviltbestandane, mellom anna ved at talet på rovvilt skal haldast så nær bestandsmåla som mogleg. Ein har lukkast i arbeidet med å auke rovviltbestandane, men har ikkje i same mon lukkast med å leggje til rette for levedyktig næringsdrift basert på utmarksbeite. Det har generelt vore nær samanheng mellom tap av husdyr og tamrein på grunn av rovvilt og storleiken på rovviltbestanden. Løyvinga til førebyggjande tiltak mot rovviltangrep over Miljøverndepartementet sitt budsjett er vesentleg styrkt dei siste åra. Terskelen er senka for å ta ut rovvilt som utgjer eit skadepotensial. Det er òg sett i verk tiltak for meir effektiv felling av rovvilt, og det arbeidast med ei kompensasjonsording for jaktlag, sjå òg Prop. 1 S frå Miljøverndepartementet kap. 1426 og 1427
Det har vore stor merksemd kring velferd i pelsdyrhald. Utkast til ny forskrift om hald av pelsdyr blei sendt til høyring i februar 2010. Framlegget legg til grunn at pelsdyrnæringa er ei distriktsnæring som skal halde fram, men det er foreslått krav som vil føre til betre velferden for dyr som blir haldne for produksjon av pels. Mattilsynet arbeider med endelig forslag til forskrift på bakgrunn av innspel i høyringa.
Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk rette tilhøve. I etterkant av gjennomgangen av fiskehelseregelverket i 2008, blei det derfor gitt reglar om fiskevelferd både knytt til etablering og drift av oppdrettsanlegg, samt til transport og slakting av oppdrettsfisk.
Arbeidet med å finne alternativ til bruk av forsøksdyr vil bli ført vidare.
I Innst. O. nr 56 (2008-2009) Om lov om dyrevelferd ønskte næringskomiteen at merkeordningar skulle bli utgreia vidare med mål om eit krav til merking av hundar og katter. Komiteen peika på at krav om merking ville utgjere ein positiv terskel for å skaffe seg hund eller katt og at det ville avhjelpe problemet med lauskatter. Mattilsynet har hatt eit forslag om obligatorisk identitetsmerking av katter ute til høyring. I etterkant av høyringa har Mattilsynet konkludert med at eit forskriftsfesta krav om slik merking med registrering av opplysningar ikkje vil gi nytteeffekt for dyrevelferda som står i eit rimelig forhold til dei administrative og økonomiske konsekvensane kravet ville medføre, samanlikna med arbeid for auka frivillig merking. Departementet ser det derfor ikkje som aktuelt å føre vidare arbeidet med sikte på å innføre obligatorisk identitetsmerking av hund eller katt.
Andre omsyn
Sunt kosthald og gode matopplevingar
Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 – 2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold legg vekt på å bidra til å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre, og å styrkje kunnskapen om mat, kosthald og ernæring. Tiltaka skal òg bidra til å jamne ut sosial ulikskap i helse. Alle elevane i ungdomsskolen får i mat- og helsefaget gratis Kokebok for alle – Fra boller til burritos med oppskrifter på lettvint, god og sunn mat. I tillegg kjem Fiskesprell som er eit landsdekkande prosjekt med aktivitetar som skal få ungar i barnehagar og i grunnskolen til ete meir fisk.
Handlingsplanen for betre kosthald legg opp til å auke inntaket av fisk og sjømat. Regjeringa har lagt fram ein strategi som skal medverke til auka leveransar av fersk fisk av høg kvalitet til forbrukarane. Betre kontinuitet i tilførsel av råstoff, meir forbrukarvennleg merking, auka vektlegging av kvalitet samt betre samhandling mellom aktørane i verdikjeda er hovudelementa i strategien. Frå 1. august 2009 er det krav om å merke fersk og fryst fisk i disk med art, produksjonsmåte (oppdretta eller villfisk) og fangstområde. I tillegg er det frå 1. januar 2010 innført krav om merking av fangstdato for fersk villfanga fisk eller slaktedato for oppdrettsfisk.
Merksemd kring matglede og god matkvalitet er òg viktig for at forbrukarane skal bli klare over samanhengen mellom mat og helse. Det blir mellom anna gjennomført prosjekt med sikte på å auke tilbodet av lokalprodusert mat og frukt og grønt til barn og unge. Andre tiltak er mellom anna Smakens Uke for skoleelevar samt synleggjering og premiering av serveringsstader som tilbyr gode og sunne lokale matrettar.
Oppfølging av handlingsplanen for betre kosthald omfattar ei rekkje andre tiltak som er nærmare omtalt i Prop. 1 S (2010-2011) for Helse- og omsorgsdepartementet.
Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon skal mellom anna få fram eit mangfald av matprodukt og stimulere til nyskaping i norsk landbasert matproduksjon, sjå omtale under kat. 15.30. Mattilsynet har òg i denne samanhengen ei viktig oppgåve med å rettleie om regelverket.
Fleire tiltak for betre mattryggleik og god rettleiing om regelverket vil òg gi effektar som støttar opp under verdiskapinga i verksemdene.
Oppfølging av matlova sitt mål om å fremje god plante- og dyrehelse medverkar til å auke verdiskapinga i næringane.
Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Om lag 95 pst. av produksjonen av norsk sjømat blir eksportert. Noreg er i dag ein av dei leiande eksportørane av sjømat. Å sikre marknadstilgang for norsk sjømat er derfor ei sentral utfordring. Det må leggjast vekt på dei krava næringa står overfor nasjonalt og internasjonalt.
Den gode norske dyrehelsa kan utnyttast i eksportsamanheng, mellom anna når det gjeld avlsprodukt frå husdyr. Endringar i kostvanane i Noreg gjer det òg aktuelt å arbeide for at enkelte kjøttprodukt, til dømes lever, får marknadstilgang i utlandet. Kina er ein aktuell marknad det er knytt kontakt mot.
Langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon
Arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon er hovudsakleg omtalt i kat. 15.30.
Arbeidet for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i ein ny handlingsplan.
Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
50 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet | 80 573 | 85 651 | 85 651 |
51 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk | 94 227 | 65 440 | 65 846 |
52 | Støtte til fagsentra, Bioforsk | 18 425 | 19 017 | 16 717 |
Sum kap. 1112 | 193 225 | 170 108 | 168 214 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet er eit forskingsinstitutt for dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd, mattryggleik og fôrtryggleik. Instituttet er ein sentral leverandør av kunnskap innan kjerneområda til Mattilsynet, departementa og Vitskapskomiteen for mattryggleik.
Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Veterinærinstituttet får løyving til oppgåvene innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik frå Landbruks- og matdepartementet. Løyving til oppgåvene innan fiskehelse og mikrobiell sjømattryggleik ligg på Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett. Instituttet har laboratorium i Oslo, Sandnes, Bergen, Trondheim, Harstad og Tromsø.
Forsking er ein heilt grunnleggjande del av Veterinærinstituttet si verksemd og omfattar både anvendt forsking og strategisk grunnforsking til støtte for kjerneverksemda ved instituttet. Dette er nærmare omtalt under kap. 1137. Med sin kunnskap skal Veterinærinstituttet medverke til ei lønnsam og levedyktig næring knytt til forvaltningsområdet.
Formål med løyvinga
Veterinærinstituttets hovudmål er å vere ein viktig nasjonal og internasjonal leverandør av kunnskap innan helse og velferd hos dyr og fisk, samt innan fôr- og mattryggleik.
Tildelte midlar under kap. 1112 post 50 nyttast til Veterinærinstituttet sitt arbeid med å gi fagleg støtte til forvaltninga, der måla er å utvikle kunnskap innan kjerneområda som er:
Beredskap, diagnostikk og rådgjeving
Overvaking av dyrehelsa
Mattryggleik
Dyrevelferd
Referansefunksjonar
Mattilsynet er den viktigaste brukaren av instituttet sin kompetanse. Veterinærinstituttet vil derfor leggje stor vekt på å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte innan instituttet sine kjerneområde.
Vitskapskomiteen for mattryggleik har òg behov for kompetanse og resultat som grunnlag for sine risikovurderingar. Veterinærinstituttet vil vere ein sentral kunnskapsbase og oppdragstakar for komiteen.
Resultatrapport 2009
Beredskap, diagnostikk og rådgjeving
Veterinærinstituttet har i 2009 vore engasjert i mange hendingar knytt til dyrehelse, mattryggleik og fiskehelse. Dette har kravd omfattande kunnskapsstøtte til Mattilsynet og andre styresmakter og næring.
EHEC-utbrot hos folk, influensa hos gris, blåtunge hos storfe og fotråte hos småfe kravde at nye laboratoriemetodar blei tatt i bruk, slik at ein raskare og med større sikkerheit kan påvise ulike variantar av smittestoff og sjukdom. Ein kan nå karakterisere smittestoff slik at smitten i eit sjukdomsutbrot kan sporast, noko som blir stadig viktigare i sjukdomskontroll og ved utbrot av matsmitte.
Det er etablert fleire molekylærbiologiske metodar for påvisning av sjukdommar som blir overførte med insekt eller andre smitteberarar, slik at ein er budd på moglege helsemessige konsekvensar av klimaendringar. Sjukdommar som flåttbårne sjukdommar, hjortelusfluge og andre smittestoff og snyltarar hos viltlevande dyr har hatt merksemd fordi dei gir lidingar hos viltlevande dyr, men mange kan òg overførast til husdyr og menneskje.
Veterinærinstituttet er blant dei internasjonalt leiande laboratoria innan påvisning av GMO i fôr og mat og nasjonalt leiande innan risikovurderingar knytt til bruk av GMO. Instituttet har i 2009 særleg arbeidd med å utvikle metodikk for påvisning av ukjent og ikkje godkjent GMO.
Klimaendringar gjer både at nye soppartar etablerer seg i Noreg, samansetjinga av soppfloraen blir endra og nye soppgifter kan produserast under norske forhold. Veterinærinstituttet har lagt vekt på å utvikle den mykologiske, kjemiske og toksikologiske kunnskapen for å møte desse nye utfordringane.
Veterinærinstituttet har hatt fokus på kvalitetssikring og akkreditering i 2009, og instituttet har mellom anna fått dei første såkalla fleksible akkrediteringane. Instituttet har inngått samarbeid med andre laboratorium i Norden både om analysar og utvikling av metodar og nytta internasjonalt nettverk for å lære laboratorieanalysar. Veterinærinstituttet har eit omfattande internasjonalt samarbeid på mange av fagområda sine.
Overvaking av dyrehelsa
I tillegg til dei oppgåvene Veterinærinstituttet har innan overvaking og kontroll i program som Mattilsynet har ansvaret for, har instituttet ei sentral rolle i generell overvaking av helsetilstanden hos landdyr og fisk. Veterinærinstituttet undersøker innsendte prøvar frå dyreeigarar, veterinærar og andre. Gjennom slike analyser fekk ein viktig kunnskap om utvikling av nivå av sjukdom eller smittestoff hos norske dyr. Eit døme var utvikling av motstandsevne mot antibiotika hos ulike mikroorganismer frå dyr. Slik motstandsevne gir auka risiko for at antibiotika ikkje har effekt som behandlingsmiddel.
Mattryggleik
Innan matbakteriologi vart det i samband med det nasjonale utbrotet av E. coli O157 gjennomført mange analysar. I tillegg var det eit utbrot av Shigellose der importerte sukkererter viste seg å være smittekjelda. Både mengda muggsopp og mengda muggsoppgifter er aukande i norsk korn. Havre er den kornarten som er mest utsett for giftproduserande sopp. Innhaldet av sopp og soppgifter har i de seinare åra gjort det vanskeleg for bransjen å finne korn av god nok kvalitet til bruk i fôrproduksjonen.
Dyrevelferd
Veterinærinstituttet gir vitskapelege råd innan dyrevelferd og driv kunnskapsutvikling på området. Fleire helseproblem gir store lidingar. Døme kan vere saueflokkar med fotråte som gir haltheit og ergotisme hos ville hjortedyr valda av soppen mjøldrøye. I samband med influensa hos gris medverka Veterinærinstituttet med vurderingar kring dei velferdsmessige konsekvensane av forsinka slakting av gris.
Velferd ved ulike metodar for slakting og bedøving av ulike dyreartar er og utgreidd.
Veterinærinstituttet har hatt sekretariatsfunksjonen for NORECOPA som arbeider for å betre tilhøva for forsøksdyr og å utvikle alternativ til bruk av forsøksdyr.
Referansefunksjonar
Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for 37 ulike smitteemne, antibiotikaresistens og framandstoff.
Veterinærinstituttet har vore aktiv i dei nasjonale referansefunksjonane mellom anna med samarbeide innan EU. Til dømes har det blitt karakterisert 355 isolat av Salmonella som er funne i ulike kjelder. Arbeidet med biofilm relatert til både fôr- og mattryggleik har hatt auka merksemd.
Administrative og organisatoriske forhold
Arbeidet med å utvikle Helsedata på Web-løysinga har helde fram i 2009, og den blei nytta under både blåtunge- og svineinfluensautbrota i rapporteringa til Mattilsynet.
I samband med planlagt flytting til Ås i 2018 er det lagt vekt på å utvikle samarbeidspotensialet med dei andre institusjonane på Campus Ås, i tillegg til planlegging av flytting saman med Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitenskap.
Budsjettframlegg 2011
Landbruks- og matdepartementet legg til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. Posten blir foreslått ført vidare på same nominelle nivå som for 2010.
Beredskap, diagnostikk og rådgjeving
Kvalitetssikra diagnostikk er grunnleggjande for dei oppgåvene Veterinærinstituttet har innan beredskap, overvaking, oppklaring av sjukdomstilfelle, kunnskapsutvikling og som nasjonalt referanselaboratorium.
Instituttet må bu seg på at endringar innan klima, næringsstruktur og internasjonal handel kan gje nye sjukdomsutfordringar. Vidare vil Veterinærinstituttet halde fram arbeidet med å utvikle diagnostikk og kunnskap med sikte på å medverke til oppklaring av sjukdom som smittar gjennom mat og fôr.
Kunnskapsutvikling og formidling innan fagområda er ein viktig del av instituttet si verksemd. Veterinærinstituttet skal gi Mattilsynet raske og kvalitetssikra svar, samt råd og forskingsbaserte vurderingar der Mattilsynet treng dette for å nedkjempe, førebyggje eller kontrollere sjukdommar. Kunnskapsstøtte frå Veterinærinstituttet er òg viktig for å kunne utvikle godt regelverk og gode overvakingsprogram.
Overvaking av dyrehelsa
Nye alvorlege infeksjonssjukdommar som virussjukdommane fugleinfluensa og blåtunge har blitt påvist i norske husdyrpopulasjonar dei siste åra. Overvaking av dyrehelsa er viktig slik at nye sjukdomstilfelle kan bli oppdaga og stadfesta raskt og sikkert. Veterinærinstituttet vil derfor vidareføre både aktiv og passiv overvaking av nasjonal og internasjonal dyrehelsesituasjon, mellom anna for å kunne varsle styresmaktene om farar.
Referansefunksjonar
For å følgje opp dei internasjonale pliktene vil Veterinærinstituttet prioritere oppgåvene som nasjonalt referanselaboratorium innan dyrehelse og mattryggleik. Funksjonane omfattar òg forsking innan fagområda.
Mattryggleik
Veterinærinstituttet vil òg halde fram arbeidet med å vidareutvikle diagnostikk og kunnskap, særleg med sikte på å medverke til oppklaring av utbrot av sjukdom som smittar gjennom mat. Sopp og giftstoff frå sopp er årsak til sjukdommar hos dyr og menneske. Fôr og mat kan vere ei viktig kjelde for slike stoff. Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kunnskapen på området.
Veterinærinstituttet har ei viktig rolle ved å vidareutvikle metodar for påvising og mengdebestemming av GMO i fôr og mat og å få fram kunnskap som grunnlag for risikovurderingar i samband med bruk av GMO.
Dyrevelferd
Veterinærinstituttet vil leggje vekt på å utvikle kunnskap som kan nyttast til å fremme velferd hos dyr. For å følgje opp intensjonane i den nye dyrevelferdslova er det viktig at kunnskap om god velferd hos landdyr kjem styresmaktene, næring og dyreeigarar til nytte. Arbeidet med å utvikle velferdsindikatorar er viktig. Det må òg greiast ut om effekten av dei ulike driftsformene og systema har på velferda til produksjonsdyra.
Veterinærinstituttet vil føre vidare drifta av sekretariatet for NORECOPA.
Administrative og organisatoriske forhold
Kompetansen ved instituttet skal kunne nyttast av andre offentlege institusjonar og næringslivet. Dette må skje på ein slik måte at tilliten til instituttet som kunnskapsleverandør ikkje blir svekka og slik at statlege midlar ikkje verkar konkurransevridande i forhold til andre aktørar i marknaden.
Veterinærinstituttet vil leggje vekt på å nytte informasjonsteknologi og nettløysingar på ein slik måte at oppdatert kunnskap er lett tilgjengeleg. Resultat frå overvaking og diagnostisk verksemd skal nyttast i arbeidet med å gi forskingsbaserte råd som grunnlag for tiltak innan forvaltning og næring.
Dei regionale laboratoria er viktige for beredskapen. Dei har òg viktige oppgåver i arbeidet med overvakings- og kontrollprogramma. Utvalte oppgåver vil bli lagt til enkeltlaboratorium for å få mest mogeleg rasjonell og effektiv drift.
Det vil bli lagt vekt på å vidareutvikle samarbeidet med andre institusjonar nasjonalt og internasjonalt. God samhandling med andre institusjonar er viktig i beredskapsarbeidet innan dyrehelse, fiskehelse og mattryggleik. Systematisk arbeid med kompetanseutvikling og -utnytting er sentralt. Det vil bli særleg lagt vekt på å vidareutvikle samarbeidet med Noregs veterinærhøgskole, Universitetet på Ås, samt andre forskingsinstitutt innan matsektoren på Ås, jf. kap. 1137 post 53.
Ny intern organisasjonsplan vil bli implementert i 2011.
Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk
Bioforsk er eit nasjonalt forskingsinstitutt for landbruk, matproduksjon, plantehelse, miljø og ressursforvaltning. Bioforsk er eit prosjektorientert oppdragsinstitutt med mange ulike oppdragsgivarar der vesentlege inntekter hentast i ein konkurranseutsett marknad både nasjonalt og internasjonalt.
Bioforsk er også ein viktig leverandør av kunnskapstøtte til departementa og forvaltningsorgan som Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning (SLF), Klima- og forurensningsdirektoratet, Fylkesmennenes landbruksavdelingar, fylkeskommunar og kommunar.
Bioforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og basisfinansiering frå Noregs forskingsråd. Bioforsk får løyving til oppgåvene innan kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap direkte frå Landbruks- og matdepartementet. Instituttet mottek basisløyving frå Noregs forskingsråd over kap. 1137. Instituttet har sju forskingsenter med ansvar for kvart sitt hovudområde med avdelingar frå Agder i sør til Finnmark i nord.
Ein viktig del av instituttets verksemd er å levere kunnskap, tenester og løysningar til rådgivningseiningene og landbruksnæringa over heile landet. Aktiviteten bidreg til utviklinga av lokalt og regionalt næringsliv. Bioforsk er òg eit internasjonalt forskingsinstitutt med aukande internasjonal aktivitet, og representer norske styresmakter i internasjonale organ og Noreg som vitskapsnasjon.
Formål med løyvinga
Bioforsk sitt hovudmål er å vere ein regional, nasjonal og internasjonal konkurransedyktig produsent av kunnskap, tenester og løysingar gjennom forsking og utviklingsarbeid. Instituttet skal medverke til auka innovasjon, betre miljøkvalitet, berekraftig ressursforvaltning og matproduksjon til nytte for næring, forbrukarar og samfunn. Instituttet skal særleg leggje vekt på næringsutvikling og verdiskaping, miljøspørsmål, berekraftig ressursforvaltning og trygg mat. Bioforsk skal ha ein klar profil på lokalt og nasjonalt kunnskapsbehov og samtidig vidareutvikle og forsterke den internasjonale profilen og engasjementet sitt rundt klima- og miljøspørsmål og berekraftig forvaltning av naturressursar.
Midlar under kap. 1112 post 51 nyttast til Bioforsk sitt arbeid med å gi fagleg støtte til forvaltninga og resten av verksemda i landbruks- og matsektoren. Verksemda skal medvirke til
effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet, inkludert økologisk
berekraftig, langsiktig jordbruk
miljøvennlege produksjonsformer
god plantehelse
trygg mat fri for restar av plantevernmiddel og andre uønska stoff
klima- og energiriktig landbruk
redusert avrenning frå jordbruksareala
kommunikasjon og samfunnskontakt
Resultatrapport 2009
St.prp. nr. 37 (2008 – 2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid blei vedtatt for å motvirke arbeidsløyse og dempe effektane av den internasjonale finansuroa på norsk økonomi. Av tildelte 33 mill. kroner til vedlikehalds- og opprustningstiltak for fleire eigedommar under Bioforsk, var 15,1 mill. kroner brukt ved årsskiftet. Instituttet har hatt ei utfordring med å få satt i gang bygginga på Svanhovd grunna vanskelege forhold om vinteren og få innkomne anbod.
Bioforsk har arbeidd med kunnskapsutvikling knytt til matvareproduksjon og nasjonal matvaretryggleik i vid forstand gjennom aktivitetar innanfor åtte verksemdsområdar, sjå gjennomgangen nedanfor.
Effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet
Bioforsk har arbeidd med praktisk retta kunnskapsutvikling for å sikre lønnsam planteproduksjon under dei svært ulike dyrkings- og klimaforholda i Noreg. Utprøving av nye sortar av dei meste relevante artane for norsk jord- og hagebruk har vore gjennomført. Forvaltninga, rådgjevingstenesta og planteprodusentar har nytta resultata for godkjenning, tilråding og bruk av tilpassa sortsmateriale. Det er òg testa ut gjødslingsstrategiar, overvintringseigenskapar og innhaldsstoff og ulike kvalitetseigenskapar. Landbruksdrift under nordlege forhold krev særskild kompetanse. Bioforsk Nord har ei fagleg innretning av verksemda med stor vekt på kunnskapsutvikling og formidling til brukarar og rettleiingstenesta. Dette var det største enkeltområdet i 2009 med ein innsats på 17,1 mill. kroner.
Berekraftig, langsiktig jordbruk
God ressursutnytting av landbruksareala krev stadig oppdatert kunnskap om dei langsiktige effektane av ulike dyrkingssystem og dyrkingsmetodar. Bioforsk har vidareført sine langvarige forsøksseriar i ulike delar av landet og dette har gitt viktige opplysningar om agronomiske og miljømessige effektar av forskjellige driftssystem. Som eit ledd i å sikre ei balansert næringsforsyning til ulike vekstar blir mengda tilgjengeleg gjødselnitrogen (mineralnitrogen) kartlagt systematisk i dei viktigaste jordbruksområda i landet, noko som gir grunnlag for optimal gjødsling med nitrogen.
Miljøvennlege produksjonsformer, inkludert økologiske
Resirkulering av fosfor har fått spesiell merksemd, og det har vore arbeidd vidare med å optimalisere utnyttinga av fosforressursar frå ulike kjelder. Forbruket av fosfor i mineralgjødsel er redusert med over 70 pst. dei siste 25 åra. Innanfor skjøtsel av eng er det eit stort behov for ny kunnskap i forhold til den todelinga ein no ser innanfor engdyrking mange stader; intensivering i nokre områder, og ekstensivering i andre. Bioforsk har i fjor spesielt lagt vekt på avling og kvalitet, ikkje minst knytt til uønska frøspreiing ved ulik skjøtselspraksis av eng. Innanfor økologisk landbruk er det vektlagt vidareutvikling av databasert planleggingsverktøy samt formidlingstiltak.
God plantehelse
Bioforsk er ein kunnskapsbase for forvaltning og regelverkutvikling på plantehelseområdet. Bioforsk Plantehelse opererer med ei betydelig internasjonal kontaktflate som er nødvendig for å halde ein internasjonal standard på forvaltningsnivået i Noreg. Bioforsk har mellom anna delteke i arbeidet med å utarbeide nye standardar for European Plant Protection Organisation (EPPO). Innan diagnostikk av planteskadegjerarar er det gjennomført 9348 analysar av enkeltprøvar i 2009. Bioforsk held ved like og vidareutviklar kompetansen på skadegjerarar og friskt plantemateriale og har ytt støtte til forvaltning og bedrifter på områda diagnostikk og reinsing av virus i vevskulturar. Dette var det nest største enkeltområdet i 2009 med ein innsats på 12,7 mill. kroner.
Trygg mat som er fri for restar av plantevernmiddel og andre uønska stoff
Bioforsk har gjennomført analyser av restar av plantevernmiddel i vegetabilske næringsmiddel (frukt, grønsaker, korn/ris, fôr og barnemat). Det blei ferdigstilt ein stor ny multimetode på eit nytt LC-MS/MS analyseinstrument. Alle nye metodar og metodar som er endra er akkrediterte. Det blei analysert totalt 1484 prøver og søkt etter i alt inntil 272 forskjellige stoffar. Det blei ikkje påvist overskridingar i forhold til vedtatt grenseverdi i norske vegetabilske matvarer. Bioforsk arrangerte det 8. Nordic Pesticide Residue Workshop. Bioforsk har òg utført ei rekke testar og utprøvingar av nye plantevernmiddel knytt til biologiske effektar. Innanfor resirkulering av avfall er det aukande interesse for avfalls- og biprodukt som gjødselvare og jordforbetringsmiddel. Det er utvikla ny kunnskap om både organiske gjødselvarer og mineralske avfallsstrømmar som betrar forståinga av korleis ulike avfalls- og biprodukt kan nyttast på ein trygg måte i jord.
Klima og energiriktig landbruk
Utslepp av klimagassar frå landbruket er eit svært samansett område. Bioforsk sitt arbeid har vore innretta mot å estimere utslepp av klimagassar frå norsk landbruk og rekne ut landbruket sitt positive bidrag i klima- og energipolitikken. Instituttet har arbeidd med problemstillingar knytte til karbonbinding i jord og biomasse og moglege konfliktar mellom effektar på klimagassutslepp og andre miljøeffektar ved gjennomføring av ymse tiltak. Det er òg rekna ut tal for utviklinga av areala av dyrka myr dei siste 50 åra og prognoser for framtidig dyrking av myr under ulike tilhøve for nydyrking.
Redusert avrenning frå jordbruksareala
Bioforsk har utvika ny kunnskap om effektive dyrkingssystem som kan redusere risikoen for avrenning av næringsstoff. Det er gjennomført fleire gjødslingsforsøk med forskjellige vokstrar med fokus på reduserte gjødslingsmengder av fosfor. Ein sentral del av arbeidet har vore retta mot hydrotekniske tiltak, gjennom kartlegging av dreneringsstilstand, samt kurs- og rådgjevande verksemd innan fagfeltet. Det har vidare vore arbeidd med fangdamsproblematikk, med oppdateringar av kunnskap og publisering. Innanfor arbeidet overvaking av pesticid i grunnvatn (NO-GRUP) og Jordovervakingsprogrammet (JOVA) er det gjort arbeid med høg relevans for implementeringa av EU sitt rammedirektiv for vatn. Morsa og Vestre Vansjø har vore følgt spesielt gjennom eit oppfølgingsprosjekt knytt til utslipp av næringssalt. Modellarbeid for utvikling av ein fosforindeks har stått sentralt som eit bruksretta verktøy for betre forvaltning av landbruksdominerte nedbørsfelt.
Kommunikasjon og samfunnskontakt
Bioforsk auka den dokumenterte innsatsen innan samfunnskontakt og formidling til i overkant av 5 pst. av løyvinga. Bioforsk har fokusert på nasjonal kunnskapsformidling og utvikling av rettleiingsmateriell.
Bioforsk har tatt i bruk ei ny nettløysing, det er registrert auka besøkstal på nettsidene og auka medieomtal. Det har vore prioritert å levere materiale av høg kvalitet til Matportalen og forskning.no.
Budsjettframlegg 2011
Landbruks- og matdepartementet legg til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. Posten blir foreslått ført vidare på om lag same nivå som for 2010, men med ein auke på om lag 0,4 mill. kroner som justering for høgare husleigekostnader. Departementet gjer framlegg om å løyve 65,8 mill. kroner i 2011.
Budsjettframlegget omfattar finansiering av vitskapeleg basert kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap for landbruks- og matsektoren, inklusive Landbruks- og matdepartementet og underliggjande verksemder, mellom anna Mattilsynet. Løyvinga under denne posten skal finansiere Bioforsk sitt arbeid med å gi fagleg grunnlag for verksemda til forvaltninga.
Landbruks- og matdepartementet vil, i samarbeid med næringa og forskingsinstitusjonane, auke fokuset på samanhengen mellom planteproduksjon og husdyrproduksjon. Produkt frå husdyrproduksjonen representerer store verdiar, og forskings- og utviklingsaktivitet er avgjerande for vidare utvikling. Bioforsk skal bidra til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for husdyrproduksjonen i 2011.
Dei sju aktivitetsområda har følgjande delmål:
Målsettinga innan effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet, inkludert økologisk er kontinuerlig utvikling av kompetanse for lønnsam planteproduksjon under dei forskjellige dyrkings- og klimatilhøva i Noreg. Næringa skal òg ha tilgang til forskingsbasert kunnskap og rettleiing om økologisk landbruk.
Målsettinga innan bærekraftig, langsiktig jordbruk er kompetanse om dei langsiktige konsekvensane av ulike dyrkingssystem og metodar for å sikre god ressursutnytting av landbruksareala. Det er sentralt med dokumentasjon av langtidsverknadene av ulik landbruksdrift på kulturlandskap, biologisk mangfald, klima/miljø og ikkje-fornybare ressursar. Det er òg viktig med kompetanse på husdyrsproduksjon basert på utmarksbeite.
Målsettinga innan miljøvennlege produksjonsformer er spisskompetanse om dei ulike produksjonsformene sine miljøeffektar, for å bidra til gjennomføringa av Landbruks- og matdepartementet sin miljøstrategi 2008-2015. Bioforsk skal ha kompetanse på kva måte endringar i klima har effekt på erosjon og forureining, om dyrkingsmetodar som kan bidra til mindre jorderosjon og avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel frå jordbruksområde. Det er sørleg viktig at Bioforsk har kunnskap som kan brukast for å redusere bruken av plantevernmiddel.
Målsettinga innan god plantehelse er kompetanse som bidrar til friskt plantemateriale, gode produkt, system og prosessar. Det er særleg viktig å møte utfordringane knytt til klimaendringar og prognoser/varsling av skadegjerarar. Bioforsk skal ha kunnskap som kan bidra til å sikre sjukdomsfritt plantemateriale innan jord- og hagebruksvekstar, inkludert beredskap mot etablering og spreiing av framande skadelege artar.
Målsettinga innan trygg mat fri for restar av plantevernmiddel og andre uønska stoff er kompetanse på effektar av ulike middel og dosar av plantevernmiddel for å kunne bidra til trygg mat utan restar av plantevernmiddel. Bioforsk skal ha tilstrekkeleg kapasitet til å utføre analysar som nasjonalt referanselaboratorium.
Målsettinga innan klima- og energiriktig landbruk er kompetanse på omfang og effektar av utslipp av klimagass frå landbruket og potensialet for karbonbinding i jord, som grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val innanfor landbruket.
Målsettinga innan kommunikasjon og samfunnskontakt er at næring, forvaltning og samfunn både nasjonalt og internasjonalt skal kjenne til kunnskap frå Bioforsk. Offentleg finansiert forsking skal vere mest mogleg open tilgjengeleg, så sant ikkje andre omsyn hindrar dette.
Post 52 Støtte til fagsentra Bioforsk
Bioforsk har tre fagsentra: Fureneset i Sogn og Fjordane, Tjøtta i Nordland og Svanhovd miljøsenter i Finnmark.
Formål med løyvinga
Fagsentra skal medverke til lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruks- og miljøområdet, mellom anna gjennom kunnskapsformidling til næringsaktørar. Ved fagsenteret på Svanhovd er det viktig at besøks- og kompetansesenteret for brunbjørn går over i ein driftsfase.
Resultatrapport 2009
Bioforsk har gjennom fagsentra arbeidd for lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø i nært samarbeid med landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i dei aktuelle fylka. Dei viktigaste samarbeidspartnarane for fagsentra er landbruksavdelinga hos Fylkesmannen, lokalt og regionalt næringsliv, fylkeskommunane, kommunar og organisasjonane i landbruket. Følgjande resultat kan rapporterast frå dei enkelte sentra:
Svanhovd har vektlagt internasjonalt samarbeid innan forsking, utvikling og miljøinformasjon om natur-, landbruks- og ressursforvaltning i Barentsregionen. Sentret har hatt aktivitetar innanfor tema som bruk av fenologi i klimaforskinga, biodiversitet, populasjonsgenetikk og helsefremmande stoff i nordlege planter.
Tjøtta har arbeidd vidare med utfordringane knytte til bruk og vern, mellom anna i arbeidet med tapsundersøkingar og førebyggande tiltak i rovdyr/beitedyrkonflikten, samt næringsutvikling med utgangspunkt i utmarksressursar.
Fureneset har arbeidd med problemstillingar knytt til fôrproduksjon og beitebruk, naturbruk og miljøspørsmål i kystregionar, mellom anna innanfor kulturlandskap, ekstensiv arealbruk, overvintrings- og klimaspørsmål og økologisk landbruk. Skjøtsel av kystlynghei har vore ei sentral utviklingsoppgåve.
Budsjettframlegg 2011
Landbruks- og matdepartementet legg til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. På dette grunnlaget blir løyvinga foreslått ført vidare på om lag same nivå som for 2010 når ein tek omsyn til at det er overført 2,3 mill. kroner til kap. 1144 post 77 for tilskott til det 5-årige utviklingsprogramma for fjellregionane.
Løyvinga er ei grunnfinansiering slik at fagsentra skal kunne bidra til lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø. Fagsentra skal vere regionalt forankra og gjere det enklare for lokale næringsaktørar å byggje opp kompetanse samt utvikle og ta i bruk nye metodar for produksjon. Fagsentra si tilknyting til andre FoU-miljø i regionen og formidlinga skal styrkast.
Departementet gjer framlegg om å løyve 16,7 mill. kroner i 2011.
Kap. 4112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
30 | Husleige, Bioforsk | 18 127 | 17 870 | 18 656 |
Sum kap. 4112 | 18 127 | 17 870 | 18 656 |
Post 30 Husleige, Bioforsk
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 18,7 mill. kroner knytt til husleigeinntekter frå Bioforsk.
Husleigeordninga blei innført ved etableringa av Bioforsk i 2006. Leiga er basert på 6 pst. av marknadstakst og blir justert årleg for 80 pst. av konsumprisindeks. Ansvar for vedlikehald og drift av eigedommane ligg framleis hos Bioforsk. Som incitament til å leige ut eller avhende eigedom som ikkje er nødvendig for FoU-verksemda, fekk Bioforsk i omstillingsperioden 2006-2009 behalde kompensasjonen for husleiga to år etter at instituttet hadde redusert leigebehovet. Husleigeordninga i Bioforsk blei òg omtalt i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006), s. 123.
I framlegget er Bioforsk kompensert for sal av eigedom ved Særheim i Klepp og Holt i Tromsø. Apelsvoll i Østre Toten er tatt inn i berekninga på same vilkår som dei andre eigedomane, sjå òg kap. 1100 post 45.
Kap. 1115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 1 182 598 | 1 156 717 | 1 153 640 |
22 | Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskassar | 4 380 | 7 224 | 7 225 |
23 | Særskilde prosjekt, kan overførast | 9 623 | 9 001 | 6 000 |
71 | Tilskott til erstatningar, overslagsløyving | 3 007 | 1 131 | 1 131 |
Sum kap. 1115 | 1 199 608 | 1 174 073 | 1 167 996 |
Formål med løyvinga
Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med etterleving av regelverket om mattryggleik, plante-, fiske- og landdyrhelse, velferd hos fisk og landdyr og helse, kvalitet og forbrukaromsyn langs heile matproduksjonskjeda. Den enkelte verksemda har ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet skal nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde, når dette er nødvendig for å sikre etterleving av regelverket.
Mattilsynet fører òg tilsyn med etterleving av regelverk som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon. Dette gjeld mellom anna regelverk om planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, om kosmetikk og kroppspleieprodukt, om dyrehelsepersonell og om omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.
Mattilsynet har oppgåver knytt til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Forvaltningsområdet er sterkt prega av internasjonale rammevilkår.
Mattilsynet har i kraft av oppgåvene sine ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken. Ansvaret for politikkområdet er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Hovudmålet for Mattilsynet er å medverke til å sikre trygg mat.
Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål:
sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
fremje god helse hos planter, fisk og landdyr
fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn langs heile matproduksjonskjeda
ivareta miljøvennleg produksjon
Mattilsynet skal arbeide for å halde oppe og vidareutvikle høg tillit til matforvaltninga og matproduksjonen. Innanfor rammene av dei måla som er sett, skal Mattilsynet arbeide på ein slik måte at omsynet til aktørane langs heile matproduksjonskjeda blir ivaretatt, mellom anna marknadstilgang i utlandet.
Hovudverkemidla i arbeidet er å:
utvikle regelverk og påverke regelverksutforming
rettleie om regelverk
føre tilsyn
overvake status og utvikling på området
vidareutvikle planverk for handtering av hendingar og kriser
Mattilsynet skal ha nødvendig beredskap for å kunne handtere både større og mindre hendingar. Utbrot av matboren sjukdom hos folk og av alvorlege sjukdommar hos planter, fisk og landdyr er hendingar som Mattilsynet vanlegvis vil vere budd på å handtere slik det er fastsett i gjeldande regelverk og planverk. I visse høve kan det inntreffe alvorlege hendingar som krev meir spesiell handtering (kriser).
Mattilsynet har tre organisatoriske ledd og er ein desentralisert etat med eitt hovudkontor, åtte regionkontor og for tida 54 distriktskontor. Fleire av distriktskontora har meir enn ein kontorstad. Mattilsynet fører tilsyn med eit omfattande regelverk som gjeld for eit vidt spekter av aktivitetar. Nærleik og god kunnskap om lokale tilhøve er viktige føresetnader for eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn som tek nødvendig omsyn til dei enkelte verksemdene.
Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet, ivaretek referansefunksjonar og har fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.
Mattilsynet skal òg leggje vekt på å føre vidare god kontakt med Vitskapskomiteen for mattryggleik, slik at uavhengige risikovurderingar frå komiteen blir lagt til grunn for Mattilsynet sitt arbeid når dette er nødvendig.
Resultatrapport 2009
Organisatoriske forhold
Mattilsynet har òg i 2009 arbeidd målretta for å auke effektiviteten. Dei siste åra er bruken av tid til intern administrasjon redusert slik at det er frigjort ressursar til tilsyn, rettleiing og regelverksutvikling.
Det samla talet på årsverk i Mattilsynet var 1320 ved utgangen av 2009 mot 1322 ved utgangen av 2008.
Mattilsynet hadde i 2009 eit sjukefråvær på 5,7 pst. som er 0,3 prosentpoeng lågare enn i 2008.
Mattilsynet har i 2009 vidareutvikla verksemdstyringa. Arbeid med eit kvalitetssystem og grunnlaget for å gjere kost-/nyttevurderingar og risikovurderingar blei prioritert saman med vidareutvikling av måltavle.
Det nye elektroniske tilsynssystemet til Mattilsynet (MATS) blei tatt i bruk på fleire område, og heile systemet blei sett i drift i juni 2010. MATS er viktig for å få eit meir einskapleg tilsyn av høgare kvalitet og for å få betre dokumentasjon av tilsynsaktiviteten og tilstanden. MATS har òg ei rekkje elektroniske skjematenester som er tilgjengelege for brukarane gjennom AltInn-portalen heile døgnet.
EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) gjennomførte i 2009 inspeksjonar i Noreg innanfor dei fem områda skjelproduksjon, veterinær grensekontroll, overførbare spongiforme encefalopatiar (TSE)/fôringsforbodet for dyreprotein, dyrevelferd og reststoffkontroll. ESA peika særleg på forbetringspunkt knytt til områda skjelproduksjon, TSE/fôringsforbod og dyrevelferd.
Resultata frå Trygg Mat-undersøkinga i 2009 viser at det framleis er eit lågt bekymringsnivå i befolkninga, og at tilliten til Mattilsynet er høg.
Nettsidene til Mattilsynet har mange brukarar. Dei tekniske løysningane er ikkje tidsmessige. Eit arbeid for å oppdatere web-løysingane blei starta i 2009 og blir vidareført i 2010.
Mattilsynet var nemnde i nær 22 000 medieoppslag i 2009. Til samanlikning var talet 18 000 året før. Det nasjonale E. coli-utbrotet hos menneske, utbrota av landdyrsjukdommane blåtunge og svineinfluensa, det høge nivået av lakselus i oppdrettsnæringa og den nasjonale tilsynskampanjen om pelsdyr var dei sakene som fekk størst merksemd. Spørsmål kring dyrevelferd fekk generelt stor merksemd.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Mattilsynet har òg i 2009 arbeidd målretta med regelverksutviklinga på matområdet i EU. Dette er gjort i tett samarbeid med matdepartementa, og i tråd med føringane i St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken og prioriteringane i matdepartementa sin felles europastrategi for matområdet. Det blei lagt vekt på å førebu norske posisjonar og strategiar slik at desse ligg føre på eit tidspunkt der Noreg kan påverke innhaldet, mellom anna ved å be om tidlege innspel frå interessentar. For å sikre at interessentane blir høyrde medan det framleis er mogleg å påverke, høyrer Mattilsynet alle forskrifter som gjennomfører rettsakter før desse rettsaktene blir tatt inn i EØS-avtalen.
Mattilsynet har stor merksemd om behovet for forenkling og harmonisering av regelverket. Mattilsynet har derfor starta eit arbeid med å gå gjennom regelverket på forvaltningsområdet slik at det kan få ei meir einskapleg og brukarvennleg utforming. I 2008/2009 gjennomførte Mattilsynet ei kartlegging av regelverket med sikte på forenkling. Som eit resultat av denne kartlegginga blei 13 forskrifter oppheva i 2009. Forenklingsarbeidet held fram.
Mattilsynet har tatt del i arbeidet i Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar), OIE (Verdas dyrehelseorganisasjon), IPPC (Verdas plantehelseorganisasjon), EPPO (European and Mediterranean Plant Protection Organization), OIV (Den internasjonale vinorganisasjonen), Europarådet samt det nordiske samarbeidet. Det blei gjennomførd eit møte i Codex Alimentarius Commision sin komité for fisk og fiskeprodukt. Komiteen møtast annakvart år og blir leia av Noreg. Mattilsynet har i 2009 gitt innspel til tilrådingar frå Europarådet om velferd hos oppdrettsfisk.
Mattilsynet koordinerer og leier utviklinga av nasjonale mål og fristar under WHO/UNECE sin protokoll om vatn og helse for tiltak på vassområdet. Dette gjeld mellom anna mål og fristar for trygg og sikker forsyning av drikkevatn. Desse nasjonale måla vil vere ein del av den norske gjennomføringa av protokollen.
Det nye regelverket om fôr- og næringsmiddelhygiene og om offentleg kontroll blei vedteke innlemma i norsk rett ved Stortinget si behandling av St.prp. nr. 46 (2007-2008). Regelverket tredde i kraft i Noreg 1. mars 2010. EU har i ei tid arbeidd med revisjon av dette regelverket. Mattilsynet har medverka i dette revisjonsarbeidet.
I 2009 ble det utført ein del forskriftsarbeid for å førebu at den nye lova om dyrevelferd skulle tre i kraft 1. januar 2010. Arbeidet med revisjon av nasjonale tilleggsreglar om transport av dyr som ikkje er omtalt i transportforordninga, har òg halde fram, som til dømes reglane for transport av rein.
Mattilsynet har i samarbeid med næringa gått gjennom oppgåve- og ansvarsdelinga mellom styresmaktene og næringa med sikte på å forbetre arbeidet med å fremje dyrehelsa. Det er mellom anna arbeidd med framlegg til forskriftsendringar knytt til utbrot av dyresjukdommar.
Ei ordning med frivillig sunnheitsmerking av matvarer (Nøkkelholet) blei sett i verk i 2009. Helsedirektoratet og Mattilsynet har følgt opp med informasjon og tilsyn. Ei undersøking i 2009 viste at 9 av 10 av dei som handlar inn mat kjente til ordninga, men at berre 2 av 10 visste at styresmaktene står bak.
Mattilsynet har utarbeidd utkast til nasjonalt regelverk om sameksistens for å hindre utilsikta innblanding av genmodifisert materiale i konvensjonelle og økologiske avlingar. Mattilsynet laga i 2009 utkast til revisjon av kvalitetsforskriftene for høvesvis mjølkevarer, ost, smør, spiseis, vegetabiler og fisk. Utkastet er til vurdering i matdepartementa.
Mattilsynet har sett på moglege følgjer av ei eventuell implementering av EU si nye forordning for marknadsføring av plantevernmiddel og direktivet som omhandlar berekraftig bruk av plantevernmiddel.
For å leggje til rette for eksport, særleg av sjømat, har Mattilsynet hatt kontakt og gjennomført møter med styresmakter frå ei rekkje land. I 2009 har det særleg vore kontakt med Russland og Kina. For å sikre norske sjømatverksemder tilgang til den russiske marknaden blei det i januar 2009 underteikna ei avtale mellom Mattilsynet og Veterinærtenesta i Russland. Som ein del av oppfølginga har Mattilsynet etablert eit inspeksjonsteam som skal følgje opp norske verksemder som eksporterer eller ønskjer å eksportere til Russland.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Mattilsynet har i 2009 gjennomført om lag 61 000 tilsyn medrekna handtering av hendingar. Dette er reelt om lag same tilsynsaktivitet som i 2008, då det blei rapportert om lag 68 000 tilsyn. I 2008 blei det registrert som to tilsyn dersom det ved eit besøk blei ført tilsyn med to ulike regelverksområde. I forbindelse med overgang til det nye tilsynssystemet MATS blei dette endra. Mange hendingar, særleg utbrota av blåtunge, svineinfluensa, E. coli og auka problem med lakselus førte til ei dreiing av tilsynsaktiviteten.
Mattilsynet sin fleirårige nasjonale kontrollplan er utarbeidd i samsvar med krava i det nye regelverket om hygiene og kontroll som tredde i kraft 1. mars 2010.
Mattilsynet laga i 2009 ein langtidsplan for tilsyn for å sikre ei heilskapleg prioritering av tilsynsressursane i regionane.
Distriktskontora i dei åtte regionane har ulike tilsynsutfordringar, og det blir gjort prioriteringar ut frå lokal og regional kunnskap.
Ein stor del av ressursane i Mattilsynet blir nytta til faste tilsynsoppgåver som kjøttkontroll, grensekontroll, uttak av overvakings- og kartleggingsprøver og attestarbeid.
Tilsynet på økologiområdet har auka i tråd med auken i arealet som blir nytta til økologisk produksjon, i talet på økologiske produkt og i talet på verksemder innan økologisk foredling. Mattilsynet har ansvaret for tilsyn etter økologiregelverket, og har delegert tilsynet på dette området til Debio.
Mattilsynet har prioritert å byggje opp kompetansen om fiskehelse i 2009. Lakselus har vore ein hovudprioritet. Mattilsynet gjennomførte òg eit nasjonalt tilsynsprosjekt på beredskap innanfor fiskehelseområdet, og eit tilsynsprosjekt på brønnbåtar blei starta på slutten av året.
Trass i ein planlagt auke av innsatsen har tilsynet med forsyninga av drikkevatn i 2009 vore noko mindre omfattande enn i 2008. Mattilsynet samarbeider med andre etatar, mellom anna om forvaltningsplanar for drikkevatn.
Det blei i 2009 ført tilsyn med mange småskalaverksemder som produserer mjølkeprodukt og kjøttprodukt. Mattilsynet såg spesielt på internkontrollen til verksemdene og på kritiske punkt i produksjonsprosessen. Det er lagt ned mykje arbeid i å forenkle tilsynet med slike verksemder og tilpasse verksemdene sin internkontroll og tilsynsaktiviteten til det nye hygieneregelverket.
Nasjonale tilsynskampanjar bidrar til eit meir systematisk, einskapleg og føreseieleg tilsyn. I 2009 sluttførte Mattilsynet nasjonale tilsynskampanjar retta mellom anna mot daglegvarebransjen, kjøkkenhygiene i helseinstitusjonar, råstoffkvalitet og hygiene i fersk fisk samt velferd for pelsdyr. I daglegvarebransjen er utfordringane særleg knytt til kjølelagring, til å halde høg nok temperatur på varm mat og til å førebyggje skadedyrproblem. Om lag halvparten av institusjonskjøkkena fekk varsel om vedtak eller vedtak for eitt eller fleire forhold. Mattilsynet rapporterer at alle verksemder med mangelfulle rutinar er følgde opp og at tilstanden no er betra. Tilsynskampanjen retta mot fersk fisk viste mange avvik, og det er stadig behov for forbetringar i alle deler av næringa. Pelsdyrkampanjen fekk stor merksemd, og viste at det er nødvendig med forbetringar i mange dyrehald.
I tillegg til den nasjonale tilsynskampanjen retta mot pelsdyranlegg blei det gjennomført fleire regionale tilsynskampanjar på dyrevelferdsområdet.
Mattilsynet tok del i Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid med å evaluere den tidlegare handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel og utarbeidinga av ein ny plan for perioden 2010 – 2014.
Effektivisering av kjøttkontrollen er ønskjeleg. Nye tilsynsmodellar der verksemdene sjølve, innanfor sine internkontrollsystem, tek over nokre av Mattilsynet sine oppgåver blir vurdert. På fjørfeslakteria er dette arbeidet allereie starta opp.
Det var i 2009 fleire hendingar enn vanleg. I februar blei blåtunge påvist i Noreg. Dette var det første utbrotet av ein alvorleg dyresjukdom (gruppe A-sjukdom) i Noreg på mange år. Noreg valde ein annan strategi enn Sverige og Danmark, delvis gjort mogleg gjennom deira tiltak. Dette har så langt vore vellukka, og ein har unngått betydelege kostnader til vaksinasjon. I tillegg har Mattilsynet mellom anna handtert fotråte, lakselus, ulovleg bruk av kjøttbeinmjøl i fôr, svineinfluensa hos gris, utbrot av E. coli hos menneske, påvisning av shigella i importerte sukkererter, funn av minérflue og nellikviklar og mistanke om GMO i soya.
Mattilsynet har lagt vekt på forholdet til og samarbeidet med næringa, spesielt i samband med handteringa av hendingar knytt til utbrot av dyresjukdommar.
Mattilsynet gjennomgår risikobiletet på ulike delar av matområdet gjennom områdeanalysar. I 2009 starta arbeidet med tre områdeanalysar som omhandlar planter og primærproduksjon av vegetabilsk mat, fiskehelse og fiskevelferd og produksjon av næringsmiddel.
Mattilsynet gjennomførte fleire overvakingsprogram innanfor fiskehelse og det blir arbeidd for å effektivisere programma. Det blei òg gjennomført kartlegging av framandstoff i villfisk, mellom anna blåkveite og torskelever.
Innanfor ernæringsområdet samarbeider Mattilsynet med Helsedirektoratet om Norkost 3, som er ei landsomfattande kosthaldsundersøking blant vaksne. Forarbeid for ein ny versjon av Matvaretabellen blei utført i 2009. Mattilsynet samarbeider òg med Helsedirektoratet om fleire informasjonstiltak ved gjennomføringa av barnematdirektivet.
Administrativ beredskapsplan er harmonisert med Sivilt Beredskapssystem. Alle beredskapsplanar er reviderte.
Mattilsynet etablerte i 2009 ei prøveordning med utvida opningstid ved grensekontrollstasjonane i Aust-Finnmark.
Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld smittestoff i mat. Talet på meldte tilfelle av matborne infeksjonar i 2009 viste ein svak auke samanlikna med 2008. Smitte i utlandet var årsak til ein stor del av dei meldte tilfella. Førekomsten av matborne infeksjonar der smitten har skjedd innanlands, er framleis låg. Dette kjem av at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt liten i Noreg samanlikna med andre land. Epidemiologiske undersøkingar tyder på at kjøtt og egg er mindre viktige som smittekjelder i Noreg enn i andre land i Europa, mens det motsette er tilfelle for ikkje-desinfisert drikkevatn. Samarbeidet mellom dei ulike fagmiljøa for å oppklare sjukdomsutbrot som følgje av matsmitte, har blitt vesentleg forbetra sidan 2006.
Folkehelseinstituttet får kvart år melding om 2 500-3 000 tilfelle av campylobacteriose. Av desse er 50-60 pst. smitta i utlandet. Undersøkingar viser at ikkje-desinfisert drikkevatn er den vanlegaste årsaka til at folk blir smitta i Noreg.
Dei siste åra har talet på meldte tilfelle av salmonellose stabilisert seg på 1 500-2 000 tilfelle årleg. Av desse er 70-80 pst. smitta i utlandet. Det er lite salmonella i norsk mat og hos norske husdyr samanlikna med dei fleste andre land. I 2009 var det eit utbrot av tarmsjukdommen shigellose forårsaka av importerte sukkererter, der 20 tilfelle blei registrert.
EHEC (E. coli) er eit aukande problem i industrilanda, og ei stor utfordring trass i det relativt låge talet på rapporterte tilfelle. Dette kjem av at infeksjonen kan føre til alvorleg sjukdom, særleg hos barn, eldre og personar med redusert immunforsvar. 2009 hadde ein det høgaste talet meldte tilfelle til no. Det er ikkje klart kvifor det var så mange utbrot i 2009.
Det er få funn av framandstoff i matvarer i Noreg, og situasjonen har vore stabil i fleire år.
Det er ikkje funne spor i animalsk mat som gir grunnlag for mistanke om ulovleg medisinbruk til dyr innanfor matproduksjon. Det er nokre funn av tungmetall (kadmium), naturleg førekommande hormon og thyreostatika. Mattilsynet har bedt Vitskapskomiteen for mattryggleik om å sjå nærmare på kadmiumproblematikken.
I 2009 blei det tatt ut 1484 prøver gjennom overvakingsprogrammet for restar av plantevernmiddel i mat. Det blei påvist overskridingar i 16 av prøvene. Det blei ikkje påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdiane i økologiske produkt eller barnemat.
Innhald av soppgifter (mykotoksin) i mat og fôr har fått auka merksemd dei siste åra fordi helseeffektane kan vere alvorlege. Mattilsynet starta i 2008 eit treårig kartleggingsprosjekt for å undersøke innhaldet av soppgifter i visse matvarer. Målingar av korn viste at grenseverdiane for muggsopp blir overstigne i ein stor del av prøvene, men det blei ikkje målt mykotoksin over grenseverdiane.
Det er i 2009 ikkje funne ulovlege mengder framandstoff i oppdrettsfisk og skjel. Prøver tatt frå ål i Grenlandsfjordane hadde høge verdiar av dioksin og furan. Prøver av torskelever viste høgare innhald av dioksin og dioksinliknande PCB enn det som er tilrådeleg. Her føreligg det kosthaldsråd frå Mattilsynet. Basisundersøking av blåkveite, som starta i 2006, blei sluttført i 2009. Resultata viser at gjennomsnittsverdiane av kvikksølv og summen av dioksin og dioksinliknande PCB er under grenseverdiane, men at enkeltfiskar overstig grenseverdiane.
Kartlegging viser at akrylamidnivået i norsk mat er relativt stabilt. Steikte potetprodukt har dei høgaste mengdene. Ut frå helseomsyn er det ønskjeleg å få ned nivåa, men dette har vist seg krevjande. Matstyresmaktene i EU og Noreg samarbeider med næringa om dette.
Det blei meldt inn 97 saker om alvorlege reaksjonar frå mat til Matallergiregisteret i 2009 mot 98 saker i 2008. Ingen av dei innmeldte sakene var av ein slik karakter at det var nødvendig med oppfølging overfor den aktuelle verksemda, til dømes når det gjeld merking av allergien.
Dei siste åra har talet på søknader om løyve til å tilsette vitamin og mineral til matvarer auka. I 2009 har 18 av 25 vedtak omhandla søknader om løyve til beriking av ein eller fleire variantar av «energidrikk med høgt koffeininnhald». Talet på søknader til Mattilsynet om beriking knytt til særskilte ernæringsbehov har auka.
Målet om å fremje god helse hos planter, fisk og landdyr
Plantehelsestatusen i Noreg er i internasjonal samanheng særs god, og det er liten endring i plantehelsesituasjonen frå 2004 til 2009. Det er færre planteskadegjerarar som er etablerte innanfor norsk planteproduksjon samanlikna med mange av våre handelspartnarar. Dei nye som har blitt introdusert, har ein i stor grad lykkast med å isolere og avgrense vidare spreiing av.
Lakselus var den største utfordringa på fiskehelseområdet i 2009. Lakselusa er primært eit problem for villfisken. Lusemengda auka og resistens mot behandlingsmiddel har blitt meir vanleg. Det er sett i verk samordna avlusingar f.o.m. Rogaland t.o.m. Møre og Romsdal. Mattilsynet arbeidde i 2009 med fleire tiltak knytt til lakselus. Dette omfattar regelverksutvikling, auka merksemd på samordna drift og brakklegging, samt auka tilsynsfrekvens.
Det er generelt små endringar i talet på påviste fiskesjukdommar på lokalitetsnivå samanlikna med 2008. Det er færre anlegg med pankreas-sjukdom og infeksiøs lakseanemi, men det er ein auke i talet på lokalitetar med infeksiøs pankreasnekrose. Østerssjukdommen bonamiose blei for første gong påvist i Noreg i ein populasjon av viltlevande flatøsters i Agder.
Helsetilstanden hos norske husdyr er god.
Blåtungesmitte blei først påvist i to storfebesetningar i Vest-Agder i februar 2009. Smitten blei avdekka gjennom analysane i overvakingsprogrammet for blåtunge i 2008.
Fleire svinebesetningar blei ramma av svineinfluensa A(H1N1)09. Smitten kom truleg frå menneske.
De siste åra er det registrert ein viss auke i talet på diagnostiserte storfebesetningar med klinisk salmonellose.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Tap av dyr på beite og tap av dyr under transport er viktige utfordringar for dyrevelferda. Rovdyr er ei viktig årsak til ein stor del av tapa på beite. I dei siste 10 åra er det årleg utbetalt erstatning for om lag 30 000 til 40 000 sau og om lag 10 000 til 20 000 rein.
I 2009 blei det registrert at om lag 600 pattedyr og 86 000 fjørfe døydde under transport eller oppstalling på slakteri. Tala har lege mellom 600 – 700 pattedyr og 70 000 – 100 000 fjørfe dei siste åra.
Det blei i 2009 registrert 9 hendingar hos landdyr der dyr blir utsette for store lidingar som følgje av manglande fôring og stell. Talet på hendingar og råka dyr har gått ned dei siste åra.
Mattilsynet mottok i 2009 fleire bekymringsmeldingar enn i åra før. Oppfølging av meldingane blir prioritert, ofte i samarbeid med dyrevernsnemndene og politiet. Desse sakene kan vere ressurskrevjande.
Mattilsynet gjennomførte i 2009 om lag 9700 tilsyn etter dyrevernlovgjevinga.
Mattilsynet har hatt stor merksemd retta mot vanskelege saker innanfor dyrevelferd i slakteri, velferd hos rein og vanskjøtsel av produksjonsdyr og sports- og familiedyr.
Talet på forsøksdyr registrert brukt i 2009 var om lag som i 2008. Talet på dyr i smertevaldande forsøk har auka dei seinare åra.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Det er påvist spormengder av genmodifisert mais og soyavariantar. Felles for desse produkta er at dei har blitt godkjende for dyrking i landet der dei blei produsert, men ikkje i mottakarlandet. Mattilsynet har lagt fram ei rettleiing om praktisering av GMO–regelverket for næringa.
Det blei gjennomført tilsyn hausten 2009 som viste at 32 av dei 35 undersøkte produkta oppfylte kriteria for den nye frivillige merkeordninga for sunne matvarer (Nøkkelholet). Tolv av dei 19 undersøkte produksjonsverksemdene mangla skriftleg dokumentasjon på grunnlaget for at dei hadde konkludert med at produktet kunne ha nøkkelholsmerke.
Målet om å ivareta miljøvennleg produksjon
Mattilsynet arbeider for miljøvennleg produksjon, mellom anna gjennom tilsyn med gjødsel og godkjenning av plantevernmiddel. Mattilsynet følgjer opp handlingsplan for redusert bruk av plantevernmiddel mellom anna ved arbeid for å redusere bruk og risiko ved bruk, auka kunnskap om plantevernmiddel og alternativ til kjemiske plantevernmiddel. Risikonivået for miljøaspektet ved bruk av plantevernmiddel har stabilisert seg frå 2006 til 2009.
Framande skadelege artar som fell inn under plantehelseregelverket, blir følgde opp med tilsyn og informasjon.
Andre område
Dyrehelsepersonell
Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos veterinærar og anna dyrehelsepersonell. Talet på autorisasjonar av dyrehelsepersonell er relativt stabilt.
Kosmetikk og kroppspleieprodukt
Mattilsynet fører tilsyn med regelverket om kosmetikk og kroppspleieprodukt. Sidan 2008 har legar, tannlegar, farmasøytar og helsesøstre hatt meldeplikt til eit eige register ved mistanke om biverknader av kosmetikk og kroppspleieprodukt. I 2009 blei det registrert 49 meldingar. Kosmetikk kjem inn under EU sitt felles rapporteringssystem for farlege forbrukarprodukt. I 2009 mottok Mattilsynet 85 meldingar om farleg kosmetikk mot 61 året før. Av desse blei 2 produkt funne på den norske marknaden.
Talet på stoff som er ulovlege å nytte i kosmetikk har auka monaleg dei seinare åra. Mange av desse er hårfargar. Ovafor EU har Mattilsynet tatt opp problem med bruken av mellom anna triklosan og formaldehyd i kosmetikk.
Omsetnad av legemiddel utanom apotek
I samsvar med avtale med Statens legemiddelverk, utførte Mattilsynet i 2009 706 tilsyn med omsetnad av legemiddel utanom apotek. I 2008 var det 648 tilsyn.
Budsjettframlegg 2011
Post 01 Driftsutgifter
Landbruks- og matdepartementet foreslår at posten reduserast med 3,1 mill. kroner til 1 153,6 mill. kroner. Dette vil setje strengare krav til effektivitet og prioritering mellom anna ut frå risikobilitet til ei kvar tid.
Mattilsynet vil ha særleg merksemd knytt til drikkevatn, fiskehelse og dyrevelferd.
Frå etableringa til og med 2010 har Mattilsynet hatt ei særskilt løyving til ulike omstillingstiltak. Løyvinga var for 2010 på 15 mill. kroner. Ein foreslår at løyvinga fell bort i 2011. Dette har samanheng med at utviklingsarbeidet for det nye tilsynssystemet MATS no er avslutta.
Posten er òg foreslått redusert med 0,75 mill. kroner ved at midla blir overførte til Statens strålevern, sjå Prop. 1 S (2010-2011) for Helse- og omsorgsdepartementet kap. 715. Dei dekkjer utgiftene til sommarovervakinga og soppmålingane knytt til radioaktivitet i regi av Statens strålevern. Målingane gir grunnlag for å fastsette ulike tiltakssoner for småfe og for å målrette målingane i levande småfe.
Organisatoriske og administrative utfordringar i 2011
Mattilsynet vil arbeide vidare for å utvikle eit meir einskapleg tilsyn, slik at regelverket blir tolka og handheva einskapleg i like saker og i samsvar med plikter etter internasjonale avtaler.
Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn som tar nødvendig omsyn til dei enkelte verksemdene.
Mattilsynet vil ved bruk av fagleg skjønn, vere løysingsorientert i møtet med verksemdene slik at verksemdene kan velje ulike løysingar så lenge dei oppfyller dei målretta krava i regelverket. Dette er særleg aktuelt i forhold til det nye hygiene- og kontrollregelverket.
Siste utviklingstrinnet for Mattilsynet sitt nye tilsynssystem (MATS) blei ferdigstilt våren 2010. MATS vil betre kvaliteten i tilsynet og på sikt gjere det meir effektivt og einskapleg. MATS vil òg gi betre dokumentasjon av status, tilsynsaktivitet og bruk av dei verkemidla tilsynet rår over på ulike område. Det vil bli arbeidd for å nyttiggjere denne dokumentasjonen på ein god måte i verksemdsstyringa.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Grunnlaget for det norske regelverket blir hovudsakleg utvikla i EU. Ein stor del av Mattilsynet si verksemd er derfor knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Noreg har òg tilgang til EU sitt vitskaplege rådgivingsorgan EFSA.
Codex Alimentarius Commission og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg òg viktige premissar for regelverksutviklinga. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av dette arbeidet mellom anna i Codex Alimentarius Commision sin komité for fisk og fiskevarer der Noreg leiar arbeidet
Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske interesser på utvalde område. Departementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale fora. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med ein tidleg og god dialog med relevante interessentar, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Mattilsynet skal òg medverke til at oppfølging av dei internasjonale pliktene finn stad til rett tid og at gjennomføring i norsk rett blir gjort på formålstenleg og brukarvennleg vis. Mattilsynet vil prioritere område med særlege norske interesser i regelverksarbeidet. Dei prioriterte områda som er peika ut i departementa sin internasjonale plan og felles europastrategi for matområdet, vil bli følgde opp. Dette omfattar mellom anna EU sitt arbeid med å utvikle nye heilskaplege regelverk for merking av mat og for helse og velferd hos landdyr og fisk.
Mattilsynet har gjennomført ein brei gjennomgang av det eksisterande regelverket med sikte på å harmonisere og forenkle reglane. Gjennomgangen viser at regelverket er omfattande og i nokre tilfelle uklårt. Det har heller ikkje blitt gjennomgått og modernisert med utgangspunkt i den nye matlova. Mattilsynet vil vidareføre arbeidet med å rydde opp i regelverket. Det blir lagt vekt på å klargjere og forenkle regelverket, fjerne unødvendige byrder for utøvarane og leggje til rette for eit mest mogleg effektivt tilsyn. Mattilsynet vil òg leggje vekt på desse omsyna når dei deltar i internasjonal regelverksutvikling.
Mattilsynet har i tillegg oppgåver med å skape gjensidig kunnskap og tillit på bilateralt nivå med andre land sine styresmakter for å leggje til rette for marknadstilgang i utlandet for norske varer. I den samanhengen er det viktig at kunnskap om status på fagområda blir kommunisert både nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidet med Russland, Kina og USA blir særleg viktig i tida framover.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Det er verksemdene sitt ansvar å etterleve regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med at dette skjer. Når det er nødvendig, skal Mattilsynet nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde. Aktiv rettleiing om regelverket er viktig. Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold er viktige føresetnader for eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Aktiv rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er derfor kjerneprodukta til Mattilsynet.
Det nye hygiene- og kontrollregelverket krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn med regelverket om næringsmiddel, fôr, innsatsvarer, helse og velferd hos landdyr og fisk og plantehelse. Tilsynet skal vere planlagt og dokumenterbart. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering. Tilsynet skal gjennomførast regelmessig og med ein frekvens som står i forhold til risikoen ved aktivitetane til verksemda og kunnskapen ein har om dei enkelte verksemdene. Det er samtidig viktig at dei ulike tilsynsmetodane som står til rådvelde blir nytta målretta, slik at alle verksemdene er underlagt eit tilsyn som samla sett skaper størst mogleg etterleving av regelverket. Dette skal òg medverke til at alvorlege regelbrot blir oppdaga så raskt som råd er.
Mattilsynet har utarbeidd ein modell for risikoklassifisering som vil vere nyttig som grunnlag for ressursfordelinga i tilsynsarbeidet. Omfanget av tilsyn med verksemdene blir tilpassa risikoen for og konsekvensar av regelbrot. Kjøttkontroll, grensekontroll og arbeid med godkjenningar og attestar krev om lag ein tredjedel av tilsynsressursane i Mattilsynet. Ressursbruken på desse områda er i stor grad bunden som følgje av regelverkskrav og brukarane sine behov for tenester frå Mattilsynet.
Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helse hos menneske, planter, fisk eller landdyr, m.a. regelverk som skal ivareta forbrukaromsyn som ærleg omsetnad og kvalitet. Òg på desse områda er det viktig med eit målretta og effektivt tilsyn.
Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at det blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram som er knytt til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet. Innanfor desse rammene vil prioriteringa av kartlegging og overvaking bli tilpassa situasjonen og risikobildet til ei kvar tid.
Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Mattilsynet vil arbeide for at maten og drikkevatnet er trygt med omsyn til folkehelse.
Det nye hygiene- og kontrollregelverket legg auka vekt på verksemdene sitt ansvar for å etterleve regelverket og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda. Regelverket opnar for å utarbeide bransjevise retningslinjer for god hygiene som kan medverke til løysingar som er tilpassa dei ulike bransjane. Utvikling av slike retningslinjer er ei utfordring for enkelte bransjar. Mattilsynet vil vere ein pådrivar i dette arbeidet.
Det nye hygiene- og kontrollregelverket stiller større krav til fagkunnskap, både hos verksemdene og i Mattilsynet, særleg for å kunne nytte den fleksibiliteten som dei nye målretta reglane gir. Arbeidet for å halde oppe gode hygieniske forhold i alle verksemdene i matproduksjonskjeda krev derfor kontinuerleg innsats frå verksemdene, og aktiv og målretta innsats frå Mattilsynet.
Ein velfungerande kjøttkontroll og grensekontroll er viktig i arbeidet for trygg mat.
Det nye regelverket om hygiene og kontroll opnar for ei modernisering av visse delar av kjøttkontrollen. Mattilsynet vil samarbeide med næringa for å utnytte dette. Det er viktig å sikre god hygiene og kontroll med slakting samt å redusere kostnader.
Det er framleis grunn til å ha merksemd omkring dei hygieniske tilhøva i serveringsnæringa. Førebels resultat frå pilotprosjektet med ei smilefjesordning i serveringsnæringa tyder på at ordninga fører til betre etterleving av regelverket og er godt motteke av forbrukarane. Mattilsynet vil sjå nærmare på samanhengen mellom ressursinnsats og effekt av ulike tilsynsordningar for dei mest aktuelle verksemdene i serveringsnæringa.
Tilsynskampanjen retta mot fersk fisk viste mange avvik. Det er behov for å følgje opp kampanjen. Mattilsynet skal òg vidareutvikle samarbeidet med Fiskeridirektoratet knytt til fangst og landing av fisk. Forventa inspeksjonar frå både amerikanske og russiske matstyresmakter, vil verke inn på aktiviteten.
Mattilsynet vil ha særleg merksemd på tilsynet med drikkevassanlegg. Sterkare verkemiddel vil bli tatt i bruk overfor vassverk som ikkje leverer drikkevatn på forskriftsmessig vis. Det vil òg bli vurdert om andre tiltak skal setjast i verk. Mattilsynet sin gjennomgang av drikkevassområdet viste at dårlig vedlikehald av leidningsnettet er ei av dei største utfordringane knytt til drikkevasskvaliteten i Noreg. Innsats frå Mattilsynet er ikkje nok.
Mattilsynet koordinerer utarbeidinga av nasjonale mål for å betre vass- og avløpssituasjonen i Noreg under WHO/UNECE sin protokoll om vatn og helse. Mattilsynet vil fortsette arbeidet med å følgje opp Noreg sine plikter under protokollen, særleg i arbeidet som skal setjast i gang for små og mellomstore vassverk.
Resultata frå pilotprosjektet for tilsyn med kosttilskott i 2008 viste at det er behov for eit meir systematisk tilsyn. Mattilsynet gjennomfører i 2010 ein områdeanalyse for å identifisere dei viktigaste forvaltningsmessige utfordringane på området. Dette vil gi betre grunnlag for planlegging av tilsynsaktiviteten og ein mest mogleg hensiktsmessig bruk av verkemiddel.
Mattilsynet har ei viktig rolle i sluttfasen av det nasjonale eSporingsprosjektet. For Mattilsynet vil eSporingsløysinga vere nyttig i etterforskings- og oppklaringsarbeid ved at verksemdene kan leggje fram pålitelege og dokumenterbare data i eigna elektronisk format.
Målet om å fremje god helse hos planter, fisk og landdyr
God plante-, fiske- og landdyrhelse er viktige føresetnader for trygg matproduksjon og for verdiskaping i næringane. Tiltak og rutinar i næringane for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar er viktig.
Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, fisk og landdyr er god. Klimaendringar og auka utveksling av biologisk materiale over landegrenser kan gi større utfordringar. Det er viktig å ha god beredskap og godt planverk mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos fisk og landdyr.
Med aukande internasjonal handel med planter og andre smitteberande emne vil det vere risiko for introduksjon av planteskadegjerarar. Enkelte av desse har stor evne til å tilpasse seg norsk klima, og fører til tap for næring og forbrukar i form av skadar på avling og redusert prydverdi i parkar og hagar. Eit nasjonalt tilsynsprosjekt har vist at kunnskapen hos verksemder som importerer planter, i mange tilfelle er for låg. Mattilsynet vil arbeide for at norske importørar aukar kunnskapen sin og etablerer gode system for eigenkontroll i høve til import.
Mattilsynet gjennomfører i 2010 ein områdeanalyse for å identifisere dei viktigaste forvaltningsmessige utfordringane på plantehelseområdet. Dette vil gi betre grunnlag for planlegging av tilsynsaktiviteten og ein mest mogleg hensiktsmessig bruk av verkemiddel.
Mattilsynet vil ha særleg merksemd på arbeidet med fiskehelse og oppfølging av regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring. Særleg viktig er arbeidet knytt til lakselus.
Førebyggjande tiltak og god beredskap er viktig for å halde oppe den gode norske landdyrhelsa og for å unngå uønska hendingar. Dette er òg viktig når det gjeld zoonosar for å hindre utbrot som òg kan gi sjukdom hos menneske. Situasjonen med blåtunge er under kontroll etter utbrotet i 2009, men sjukdommen vil bli overvaka vidare.
Forskrifta om melding og registrering av utlevering og bruk av legemiddel til dyr tredde i kraft 1. juli 2010. Mattilsynet vil arbeide vidare for å etablere elektroniske løysingar slik at alle opplysningar som skal inn, på ein enkel måte kan bli registrert ved å nytte MATS.
Mattilsynet vil innanfor rammene av regelverket på matområdet ta del i arbeidet med å følgje opp regjeringa sin tverrsektorielle nasjonale strategi med tiltak mot framande skadelege artar.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Mattilsynet vil arbeide for at alt hald av dyr er i samsvar med regelverket, og ha særleg merksemd på tilsynet med dyrevelferd, både for produksjonsdyr og familie- og sportsdyr. Den nye dyrevelferdslova gir Mattilsynet fleire verkemiddel. Mattilsynet vil leggje vekt på å utnytte desse. Den plikta som ligg til alle til å melde frå om tilhøve som er i strid med lova, vil medverke til betre oversikt.
Gjennom den nye organisasjonsmodellen for dyrevernsnemndene vil Mattilsynet med støtte i nemndene få ivaretatt lekmannskjønet på ein god måte.
Hendingar der dyr blir utsette for store lidingar som følgje av manglande fôring og stell, kan ofte ha samanheng med personlege problem hos eigaren. Det er viktig både av omsyn til dyra og dyreeigaren å førebygge og avdekke slike saker tidleg. Mattilsynet legg vekt på å vidareutvikle samarbeidet med andre offentlege aktørar og landbruket sitt organiserte nettverk.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet skal arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetnad blir følgd. Det generelle regelverket om merking fastset dei viktigaste opplysningane forbrukarane skal ha tilgang til for å orientere seg i marknaden når det gjeld eigenskapane til maten, m.a. for å kunne treffe val ut frå eigne preferansar. Tilsyn med etterleving av dette regelverket er viktig for å medverke til ærleg omsetnad og for å gjere det mogleg for forbrukarane å ta informerte val.
Forslag til ny forskrift om kvalitet for fiskerivarer har vore på høyring. Det er lagt vekt på at regelverket skal vere meir moderne og lett tilgjengeleg for brukarane.
Innhaldet av ulovlege mengder av genmodifisert materiale i næringsmiddel og fôr på den norske marknaden ser ut til å vere lågt. Problema knytt til sporforureining av genmodifisert materiale synest størst i fôrvarer. Mattilsynet vil vidareføre overvakinga av genmodifisert materiale i både næringsmiddel og fôr.
Nytt regelverk om ernærings- og helsepåstandar tredde i kraft 1. mai i 2010. Etter kvart som det blir fastsett gjennomføringsreglar til dette, vil Mattilsynet leggje vekt på god rettleiing og på å utvikle eit effektivt og målretta tilsyn ut frå dei utfordringane det nye regelverket vil gi.
Ei ordning med frivillig sunnheitsmerking av matvarer (Nøkkelholet) blei sett i verk i 2009. Det er sett i gang arbeid med å vurdere om ei utviding av ordninga til kiosk-, bensinstasjons- og serveringsmarknaden er rett veg å gå for å få betre tilbod og tilgang til sunne alternativ. Mattilsynet vil samarbeide med Helsedirektoratet om dette.
Mattilsynet har ansvar for tilsynet med økologisk produksjon og økologiske produkt. DEBIO fører tilsyn på vegne av Mattilsynet. Tilsynet med etterleving av økologiregelverket aukar som følgje av at fleire verksemder driv produksjon, foredling eller omsetnad av økologiske produkt. Mattilsynet vil gjennomføre ein revisjon av tilsynsverksemda til DEBIO.
Mattilsynet skal forvalte og føre tilsyn med ordninga Beskyttede betegnelser. KSL Matmerk har ansvaret for den førebuande saksbehandlinga.
Målet om å ivareta miljøvennleg produksjon
Mattilsynet vil medverke til oppfylling av matlova sitt formål om å ivareta miljøvennleg produksjon, m.a. med utgangspunkt i miljøhandlingsplanen til Landbruks- og matdepartementet. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for miljøvennleg produksjon, og verkar òg inn på kvaliteten på matvarene.
Arbeidet for å redusere risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i handlingsplanen på området.
Andre område
Dyrehelsepersonell
Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell. Mattilsynet vil leggje vekt på tilsyn med at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av legemiddel.
Kosmetikk
Mattilsynet fører tilsyn med regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Registeret for biverknader av kosmetiske produkt er eit sentralt verkemiddel.
EU vedtok i 2009 ny kosmetikkforordning som vil erstatte det tidlegare kosmetikkdirektivet etter ei overgangstid på tre år.
Merksemda på kropp og helse aukar. Bransjane bruker store ressursar på å utvikle og marknadsføre kroppspleieprodukt som gir inntrykk av å fremme helse. Grensene mellom kva som er kosmetikk og legemiddel blir meir uklare. Produktutviklinga skjer raskt og det blir nytta nye teknologiar og nye ingrediensar med spesielle funksjonelle eigenskapar (bioaktive stoff). Mattilsynet vil arbeide i EU sine ekspertgrupper for å få slike stoff regulert. På grunn av den teknologiske utviklinga er det behov for forbrukarinformasjon, kunnskapsinnhenting, regelverksutvikling og tilsyn på området.
Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser
Ein gjer framlegg om ei løyving på posten på 7,2 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje Mattilsynet sine kostnadar knytt til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.
Post 23 Særskilde prosjekt
Løyvinga på posten skal dekke det offentlege sine utgifter og ferdigstilling av utviklinga av eit elektronisk system for betre sporing i matproduksjonskjeda (eSporingsprosjektet). Ein gjer framlegg om ei løyving på 6 mill. kroner. Ein tek sikte på å avslutte prosjektet 1. juli 2011, og overføre eSporingsløysinga til ein ny eigarorganisasjon samansett av aktørar innanfor matbransjen.
Midla vil bli nytta til drift av eSporingssekretariatet og eSporingsløysinga fram til matbransjen tek over sommaren 2011. Midlane vil òg bli nytta til vidareutvikling av løysinga og optimalisering av grensesnittet mot offentlege register samt tiltak retta mot næringsaktørar og verksemder for å få dei til å ta løysinga i bruk.
Målet for prosjektet er å leggje til rette for etablering av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap og auka verdiskaping i alle ledd. Gode system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut på marknaden, slik at verksemdene raskt kan trekke desse tilbake og gi tydeleg og riktig informasjon til forbrukarane og Mattilsynet.
eSporingsprosjektet er eit krevjande og innovativt utviklingsprosjekt. Det har vore eit betydeleg kunnskapsløft blant dei deltakande aktørane med utvikling av bransjestandardar og gode sporingssystem gjennom heile produksjonskjeda.
Post 71 Tilskott til erstatningar
På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrevernlova § 6 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det òg bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.
Kap. 4115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Gebyr m.m. | 105 954 | 137 642 | 130 322 |
02 | Driftsinntekter og refusjonar m.v. | 8 956 | 4 921 | 5 024 |
15 | Refusjon av arbeidsmarknadstiltak | 460 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 15 325 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 16 653 | ||
Sum kap. 4115 | 147 348 | 142 563 | 135 346 |
Post 01 Gebyr m.m.
Ein tar sikte på å føre vidare det tredelte systemet for finansiering. Den første delen gjeld innkrevjing av gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar. Den andre delen gjeld innkrevjing av gebyr for tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar og er klart avgrensa i forhold til andre tilsyns- og kontrolloppgåver i matforvaltninga. Den tredje delen gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Det tredelte systemet er vurdert å vere i samsvar med dei retningslinjene som gjeld for gebyr og for ordningar med sektoravgifter.
Gebyrsatsane i 2011 vil bli lønns- og prisjustert.
Tabell 2.1 Oversikt over gebyr under kap. 4115.
(i mill. kr) | |
---|---|
Nemning | Beløp |
Gebyr for særskilte ytingar | 14,5 |
Gebyr for tilsyn og kontroll: | |
Import av levande dyr og animalske produkt | 14,0 |
Kjøttkontroll | 85,5 |
Kontroll med skjelproduksjon | 2,3 |
Andre gebyr: | |
Gebyr for oppfølgjande tilsyn | 11,5 |
Andre gebyr, tvangsmulkt m.v | 2,5 |
Sum gebyr | 130,3 |
For ein oversikt over avgifter i matforvaltninga viser ein til kap. 5576 post 70.
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar mv.
På posten vil ein mellom anna føre diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel etter oppdrag frå Statens legemiddelverk, tilsyn med levande GMO, samt oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil ein òg føre inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.
Programkategori 15.20 Forsking og innovasjon
Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
1137 | Forsking og innovasjon | 382 205 | 407 831 | 402 771 | -1,2 |
Sum kategori 15.20 | 382 205 | 407 831 | 402 771 | -1,2 |
Mål og strategiar
Regjeringa fører ein landbruks- og matpolitikk som skal halde eit levande landbruk over heile landet ved lag. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig og klimariktig forvaltning av landbruket og distrikta sine ressursar. Landbruks- og matforskinga står sentralt for å nå dei politiske måla.
Regjeringa ser på klimaendringar og auka press på verdas mat- og vassressursar som ei av dei største utfordringane i vår tid. Ny kunnskap er avgjerande for å møte dei globale utfordringane. Landbruks- og matforskinga skal ha internasjonal kvalitet og fremje ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet.
Landbruks- og matdepartementet har sektoransvaret for verdikjedene med utspring i landbruk. Matindustrien, eksklusive fiskevarer, er Noregs nest største industribransje og står for 23 pst. av industrien sin samla produksjonsverdi, 18 pst. av norsk industri si verdiskaping og sysselset om lag 39 000. Norsk næringsmiddelindustri møter stadig sterkare konkurranse utanfrå.
Matforskinga, og da spesielt den næringsretta forskinga, må vere på eit høgt nivå for at norsk næringsmiddelindustri ikkje skal sakke akterut i forhold til våre viktigaste handelspartnarar. I eit høgkostland som Noreg er gode rammevilkår for forsking og innovasjon avgjerande for å sikre næringsmiddelindustriens konkurransekraft internasjonalt og hindre utflagging av verksemder og redusert sysselsetjing og verdiskaping.
Landbruks- og matdepartementet løyver monalege midlar til forsking innanfor matproduksjon, jordbruk, skogbruk, reindrift og landbruket sin tenesteproduksjon. Noregs forskingsråd forvaltar midlane, som utgjer ein stor del av dei samla løyvingane til Forskingsrådet på desse områda.
Departementets forskingspolitikk er knytt til St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forsking (Forskingsmeldinga), Prop. 1 S (2010-2011) frå Kunnskapsdepartementet og St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Mat er eit prioritert tematisk område med vekt på næringsrelevant forsking og nok og trygg mat. Meldinga legg opp til at norsk forskingspolitikk skal bidra til å løyse globale utfordringar med særskilt vekt på klima, energi, miljø, hav og tilgang på mat. Landbruks- og matdepartementet sitt bidrag er forsking retta mot globale utfordringar knytt til produksjon av nok og trygg mat for eit veksande folketal i eit endra klima og vidareføring av satsinga på energi og klima. Ei nærmare omtale av budsjettframlegga er gitt i kap. 1137.
Forskings- og innovasjonspolitikken skal førast i tråd med krav frå forbrukarar. Det er nødvendig å få betre kunnskap om kva som skal til for å produsere og få fram til forbrukaren sunne, trygge og velsmakande næringsmiddel ut frå norske naturgitte forhold.
Landbruks- og matsektoren gir grunnlag for anna sysselsetjing og verdiskaping, og tek vare på fellesgodar som kulturlandskap, busetjing i heile landet og høg eigenproduksjon av trygg mat. Verdikjeda til tre, energi og tenesteproduksjon er sentrale forskingsområde.
Ein føresetnad for at aktørane når sine mål er at sektoren har høg innovasjonsevne. Dette gjeld både eksisterande produksjonar og nye næringar i landbruket, som til dømes teneste- og energiproduksjon. Regjeringa vil derfor prioritere å vidareutvikle ein målretta og langsiktig innovasjonspolitikk for landbruks- og matsektoren som eit nødvendig bidrag til å nå både landbrukspolitiske, matpolitiske og distrikts- og regionalpolitiske mål. Innsatsen skal omfatte heile breidda i norsk landbruks- og matsektor, frå primærledd til industri. Den skal samtidig dekkje heile spennet frå volumproduksjon av mat og fiber til spesialisert produksjon av varer og tenester med meirverdi basert på lokale fortrinn. Siktemålet er å støtte opp under skaparkraft i bygdesamfunn i heile landet, og der eitt viktig utgangspunkt er at utfordringar og moglegheiter kan variere mykje frå stad til stad. Arbeidet må sjåast i samanheng med St.meld. nr. 7 (2008-2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge og St.meld. nr. 25 (2008-2009) Lokal vekstkraft og framtidstru – Om distrikts- og regionalpolitikken.
Landbruks- og matdepartementet sin Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon (2007-2012) presenterer forskingspolitiske mål for landbruks- og matforskinga. Strategien må sjåast i samanheng med næringsstrategien Ta landet i bruk!, matstrategien Smaken av Norge og Landbruks- og matdepartementets miljøstrategi 2008-2015.
For å tydeleggjere nytteverdien av forsking og innovasjon på landbruks- og matområdet arbeider Landbruks- og matdepartementet aktivt med å vidareutvikle mål- og resultatstyring i forskingssektoren. Dette arbeidet er forankra i departementet sin Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon. På oppdrag frå departementet og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) kartlegg NIFU STEP med jamne mellomrom ressursinnsatsen i landbruks- og matforskinga. Departementet har òg sett i gang ein gjennomgang av forskingsinstitutta og deira grenseflater og tilknyting til forvaltninga. Hovudmålsetninga for gjennomgangen vil vere å skape grunnlag for ei modernisert landbruksforvaltning og nasjonalt leiande og internasjonalt konkurransedyktige forskningsinstitusjonar, med høg kvalitet og omdøme. Forskingspolitikken har ei sentral rolle i arbeidet med å auke verdiskapinga i landbruks- og matsektoren regionalt og nasjonalt.
Forsking med høg kvalitet og relevans
Regjeringa vil vidareutvikle forskingsmiljøa i landbruks- og matsektoren og samstundes sikre eit breitt engasjement og samarbeid om relevante problemstillingar i sektoren. Norsk forsking og norske forskingsmiljø skal halde høg internasjonal kvalitet. Forskingspolitikken skal medverke til utvikling av forskingsprogram og andre verkemiddel som gir forsking med høg relevans og nytteverdi for aktørane i landbruks- og matsektoren. Grunnleggjande forsking for langsiktig kunnskapsoppbygging samt utdanning og rekruttering av forskarar er avgjerande for ei framtidig positiv utvikling i sektoren. God forskingsinfrastruktur er eit middel for å sikre god kvalitet og rekruttering til forskinga.
Stortingets vedtak om å flytte Veterinærinstituttet og Noregs veterinærhøgskule til Ås og slå saman Noregs veterinærhøgskule og Universitetet for miljø og biovitenskap til eit nytt universitet er eit viktig ledd i å nå måla ovanfor. Etableringa av det nye universitetet skal sikre god rekruttering til forsking, næringar og forvaltning innanfor landbruk, næringsmiddelindustri og skogindustri. For Landbruks- og matdepartementet er det viktig at ein ved den felles lokaliseringa får til faglege, økonomiske og administrative synergiar i samarbeid med dei institutta som allereie er etablerte på Ås.
Internasjonalt forskingssamarbeid
Stadig meir av forskingsmidlane blir fordelte internasjonalt. Norsk deltaking i internasjonal forsking er viktig for auka kvalitet og fornying i norsk forsking og for å utnytte forskingsresultat frå andre land. Landbruks- og matforskinga skal prioritere å delta i kunnskapsutviklinga på område der Noreg er eller kan bli leiande internasjonalt, og der vi har særeigne utfordringar som best kan løysast gjennom internasjonalt samarbeid.
Samarbeidet i Norden er viktig for å løyse felles nordiske forskingsutfordringar og som felles plattform for nordiske initiativ internasjonalt. Nordisk kontaktorgan for jordbruksforsking (NKJ) har i 2010 utarbeidd ein ny strategi som aukar potensialet for begge desse oppgåvene innanfor mat- og landbrukssektoren, jf. kap. 1137. Det same gjer nyordninga med bruk av NordForsk som sekretariat for dette nordiske samarbeidet.
Noreg deltek i EU sitt 7. rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (2007-2013). EU-samarbeidet gir forskingsmiljø og bedrifter nye moglegheiter for kompetanseutvikling, oppdrag og etablering av verdifulle nettverk. Dette samarbeidet bidrar også til å heve kvaliteten og omfanget av norsk forsking. Landbruks- og matdepartementet legg stor vekt på at dei nasjonale forskingsprogramma i regi av Forskingsrådet styrkjer sitt strategiske, tematiske og finansielle samspel med EU-forskinga i tråd med Kunnskapsdepartementet sin Strategi for Noregs samarbeid med EU om forsking og utvikling (2008). Dette er nødvendig både for å prioritere riktig nasjonalt og for å få mest mogleg ut av dei samla nasjonale midlane.
For å ha moglegheit til å påverke den landbruksrelaterte forskinga i Europa, deltek Landbruks- og matdepartementet i den europeiske komiteen for landbruksforsking SCAR, (Standing Committee on Agricultural Research) og i arbeidet i EURAGRI (The European Agricultural Research Initiative). Felles programsamarbeid (JPI, Joint Programming Initiatives) er under utvikling, og vil bli eit viktig middel for å framskaffe ny kunnskap med høg relevans for norske og europeiske forhold.
Etter klimakonferansen i København i desember 2009 er det etablert ein Global research alliance on agricultural greenhouse gases. Departementet deltek i alliansens Governance Working Group og nasjonale forskingsmiljø deltek i etablerte forskingsgrupper.
Kina utgjer eit samarbeidspotensial for norsk landbruksforsking og husdyrnæring. Departementet vil medvirke til utvikling av dette potensialet i 2011.
Innovasjon og kommersialisering
Eit breitt innovasjonsløft i samarbeid med aktørane i landbrukets innovasjonssystem har som hovudmål å utnytte moglegheitene betre enn i dag med sikte på å styrkje landbrukets konkurranseevne. Dette arbeidet må sjåast i eit breitt perspektiv sidan norsk landbruk er nært knytt til distrikts- og regionalpolitikken. Eit innovasjonsløft må derfor vidareutvikle reiskap for korleis landbruket saman med andre sektorar kan auke det samla verdiskapingspotensialet over heile landet. Utgangspunktet for dette arbeidet er mellom anna at sektoren består av mange næringar, og at føresetnadene for ulike type næringsutvikling varierer mykje mellom ulike regionar. Regjeringa ser derfor behov for ein differensiert og dynamisk innovasjonspolitikk som tek høgde for kompleksiteten i sektoren, og som vidareutviklast i tråd med til ei kvar tid gjeldande utfordringar og moglegheiter. Uavhengig av næring og geografisk område er det nokre innsatsområde som peikar seg ut som særleg viktige:
Entreprenørskap og marknadstenking basert på lokale og regionale fortrinn
Samarbeid og synergiar mellom landbruket og andre sektorar
Samarbeid i nettverk og klynger og utvikling av velfungerande innovasjonssystem
Innovasjon i landbruks- og matforvaltninga og i verkemiddelapparatet
Landbruks- og matdepartementet vil styrkje sitt arbeid med innovasjon og kommersialisering i dei landbruks- og matvitskapelege forskingsinstitutta. Bioforsk og Norsk institutt for skog og landskap førebur arbeidet med oppretting av ei innovasjonssatsing på Ås i samarbeid med aktuelle aktørar.
Kunnskapsutvikling for forvaltninga
Landbruks- og matforvaltninga er avhengig av kontinuerleg tilgang til oppdatert kunnskap for å ta gode avgjerder. Klimaendringane krev god tilgang på informasjon om utfordringar i framtida. Kunnskap er viktig på beredskapsområdet, og særskilt innanfor matområdet. Vidare skal forskinga få fram kunnskap som kan effektivisere forvaltninga si overvaking og kartlegging innanfor matområdet. Ei nærmare omtale av dei forskingspolitiske prioriteringane er gitt i kap. 1137.
Forskingskommunikasjon og forskingsformidling
God kommunikasjon er ein føresetnad for samarbeid mellom næringsliv og forskingsmiljø, og bidreg til samsvar mellom behova frå næringa og resultata frå forskingsmiljøa. Det same gjeld forholdet mellom forvaltninga og forskinga, der forskingsarbeid og resultat skal formidlast slik at informasjonen kan nyttast i politikkutvikling og i kommunikasjonsarbeid hos forvaltninga.
Regjeringa har som mål at vitskapelege artiklar som er resultat av offentleg finansiert forsking skal vere opent tilgjengelege. Dette gir eit stort potensial for auka tilgang til og spreiing av forskingsresultat, og har store samfunnsmessige gevinstar. Forskingskommunikasjonen skal gi folk oppdatert kunnskap om landbruks- og matsektoren og synleggjere korleis resultat frå landbruks- og matforsking kjem samfunnet til gode.
Prioriterte forskingsområde
I Landbruks- og matdepartementet sin strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon er dei prioriterte kunnskapsbehova fordelt på fem tematiske område. Forsking relatert til landbrukets klimaarbeid er prioritert i alle desse tema. Det same gjeld bioteknologi. Sjå kap. 1137 Forsking og innovasjon for nærmare omtale av budsjettprioriteringar for 2011.
Mat, helse og forbrukar
Matpolitikken har som hovudmål at maten skal vere trygg og produsert på ein etisk forsvarleg og berekraftig måte, sjå nærmare omtale av matpolitiske mål i kat. 15.10. Nokre av dei fremste forskingsutfordringane på dette området omfattar sikker tilgang på mat og mattryggleik, jf. St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forskning. I tillegg er klimaendringar eit sentralt tema, jf. St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen.
Vekst i det globale folketalet vil gi utfordringar med å sikre nok mat til alle framover. Forsking for å auke norsk matproduksjon, og forsking som kan bidra positivt i verdas behov for tilgang på mat er viktige prioriteringar. For å oppretthalde ei konkurransekraftig norsk matnæring er det viktig å prioritere den næringsretta matforskinga.
Velferd hos husdyr under ulike driftsformer, produksjonsformer og ved klimaendringar, samt utvikling av velferdsindikatorar må prioriterast. Det må òg vere fokus på forsking retta mot utvikling av alternativ til dyreforsøk, jf. næringskomiteen si anbefaling i innstillinga til St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd.
Dyrehelse er eit viktig innsatsområde, og satsinga på god dyrehelse vil vere viktig for velferda til dyra.
Klimaendringar, miljøkrav og globalisering gir endra rammer for landbruket og matindustrien. Forskinga skal gi ny kunnskap om korleis ulike driftssystem blir påverka av klimaendringar, men òg om dei moglegheitene endringane gjer. Problemstillingar knytt til auka konkurranse, forbrukarhaldningar og alternativ produksjon står òg sentralt.
Tre og energi
I St.meld. nr 30 (2008-2009) Klima for forskning er energi eit av dei fem næringsområda der Noreg har kompetanse eller særlege fortrinn. Forskingsinnsatsen innanfor fornybar energi og karbonfangst og lagring er viktige tiltak for å avgrense klimautsleppa og skape eit grønare næringsliv.
Noreg har eit stort potensial for å utvikle fornybar energi som mellom anna bioenergi og småkraftverk. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) er mål om auka bruk av bioenergi, auka uttak av råstoff frå skog, varig lagring av karbon i treprodukt, tilretteleggjing for auka utnytting av biogass og etablering av fleire småkraftverk blant dei viktigaste målsetjingane.
Skogressursane har stor verdi for sysselsetjing og verdiskaping i distrikta. Som eit middel i klimaarbeidet er det òg viktig at skogressursane blir brukt meir aktivt. Det er behov for meir kunnskap om korleis ein kan utnytte skogen si evne til karbonbinding på ein optimal måte. Auka bruk av bioenergi og meir trebruk er viktige element i dette.
Tenester
Tenesteytande næringar er i ferd med å bli ei viktig inntektskjelde for landbruket. I den samanheng er forsking som styrkjer kunnskapsproduksjonen innanfor næringar som grønt reiseliv og Inn på tunet prioritert.
Miljø og ressursforvaltning
Forvaltning av ressursane våre og berekraftig utvikling blir stadig viktigare forskingsområde, jf. Landbruks- og matdepartementet sin miljøstrategi (2008) og St.meld. nr. 39 (2008-2009).
Landbruk og samfunn
Den samfunnsvitskaplege forskinga innan landbruks- og matsektoren tar for seg tema som effektive politiske verkemiddel, forståing av marknadsmekanismar og samfunnskonsekvensar av auka bruk av teknologi. Forskinga skal fokusere på viktige samfunns- og marknadsforhold som påverkar norsk landbruk og landbruks- og matrelatert industri.
Finansieringsordningar
Kategorien omfattar departementet sine løyvingar over kap. 1137, mellom anna finansiering av forskingsprogram, samt basisløyving m.m. til fem av landbruks- og matforskingsinstitutta. Næringane sin medverknad til finansiering av forsking innanfor landbruks- og matsektoren skjer hovudsakleg gjennom forskingsavgifter, jordbruks- og reindriftsavtalen og gjennom næringslivet sin eigendel i forskingsprosjekt. Som ei følgje av landbruket sin næringsstruktur, der den enkelte verksemd har liten moglegheit til å finansiere forsking, er det kollektive samarbeidet som Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og næringsfond representerer nødvendig og viktig. FFL har vakse til å bli ein strategisk forskingsaktør, og departementet understrekar at det er nødvendig med eit godt samarbeid mellom Noregs Forskingsråd, FFL og næringas avtalemidlar for å leggje til rette for ei best mogleg ressursutnytting.
FFL finansierer grunnleggjande strategiske satsingar og ei rekkje prosjekt i Nofima Mat. Landbruks- og matdepartementet understrekar igjen behovet for eit godt samarbeid mellom FFL og Fiskeri- og Havbruksnæringens Forskningsfond, slik at Stortingets føresetnad om parallellitet i finansiering av instituttet blir oppfylt. Departementet legg òg stor vekt på at fondsfinansieringa òg sikrar forsking som utviklar og utnyttar blå-grøne synergiar i Nofima.
Tabell 2.2 Oversikt over Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar og avtale- og avgiftsmidlar som finansierer FoU innanfor norsk mat- og landbruksforsking (tal frå 2010).
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Område | Beløp |
Kap. 1137 post 50 Forskingsaktivitet | 222 588 |
Kap. 1137 post 51 Basisløyving til forskingsinstitutt m.m. | 181 147 |
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen | 44 000 |
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen (Reindrifta sitt utviklingsfond) | 4 500 |
Fondet for FoU-avgift på landbruksprodukt1 | 136 659 |
FoU-avgift på skogsvirke - (Skogtiltaksfondet)1 | 8 200 |
Utviklingsfondet i skogbruket (kap. 1149 post 51) | 3 271 |
Forsking over Omsetningsavgifta | 10 000 |
Sum | 610 365 |
1 Budsjettal frå 2010 ekskl. administrasjonsutgifter.
Departementet har òg løyvingar til kunnskapsutvikling og beredskap, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse, og utviklingsoppgåver over kap. 1112, 1115, 1141 og 1147.
Departementet vil følgje opp regjeringa sine mål om å auke den samla forskingsinnsatsen til 3 pst. av BNP, mellom anna ved å leggje til rette for auka deltaking frå næringslivet. I forskingsprogramma Norsk mat frå sjø og land og Natur og Næring er det lagt vekt på brukarstyrte prosjekt.
I 2009 blei om lag 130 mill. kroner løyvd frå Forskingsrådet til brukarstyrte prosjekt relevante for Landbruks- og matdepartementet, det vil seie prosjekt i kontrakt med bedrifter og organisasjonar i landbruks- og matnæringa. Dette er ein auke på 25 mill. kroner frå året før. Desse midlane utløyste omkring 203 mill. kroner frå andre kjelder, hovudsakleg frå næringa sjølv, slik at totalt prosjektomfang for dei brukarstyrte prosjekta var om lag 333 mill. kroner, som inneber ein auke i den brukarstyrte forskinga på 38 mill. kroner frå året før. Dette er ei utvikling i tråd med dei forskingspolitiske måla. Løyvingar frå Forskingsrådet til prosjekt i kontrakt med FoU-institusjonane utløyser òg forskingsmidlar frå andre kjelder, mellom anna frå næringslivet. Landbruks- og matdepartementet vil i fellesskap med Forskingsrådet halde fram med å følgje opp verkemiddelbruken.
SkatteFUNN
SkatteFUNN er ei ordning som skal stimulere til auka FoU-aktivitet i næringslivet. Ordninga gir føretak som driv næringsverksemd og er skattepliktige i Noreg inntil 20 pst. frådrag på skatt for kostnader knytt til FoU. I 2009 omfatta ordninga totalt 206 prosjekt innanfor jordbruk/mat og 88 nye prosjekt blei godkjend, ein auke frå 2008. I sektor Skog/Tre var det 39 aktive prosjekt i 2009 og 20 nye prosjekt blei godkjende. SkatteFUNN er det største statlege verkemiddelet for auka satsing på forsking og innovasjon i næringslivet. Landbruks- og matdepartementet ønskjer at landbruks- og matvareverksemder i større grad nyttar ordninga. Departementet vil derfor halde fram arbeidet med å gjere ordninga betre kjent innanfor landbruks- og matsektoren.
Kap. 1137 Forsking og innovasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
50 | Forskingsaktivitet | 193 393 | 222 588 | 217 528 |
51 | Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m. | 175 530 | 181 147 | 181 147 |
52 | Omstillingsmidlar Bioforsk | 10 282 | ||
53 | Omstillingsmidlar instituttsektoren mv. | 3 000 | 4 096 | 4 096 |
Sum kap. 1137 | 382 205 | 407 831 | 402 771 |
Formål med løyvinga
Kap. 1137 omfattar løyvingar til forskingsaktivitet, hovudsakleg i regi av Noregs forskingsråd (post 50), basisløyvingar til forskingsinstitutta innanfor departementet sitt sektoransvar (post 51), samt løyving til omstillingsmidlar i instituttsektoren o.a. (post 52 og 53). Basisløyvingane omfattar grunnløyving og strategiske instituttprogram.
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om 402,8 mill. kroner til landbruks- og matforskinga i 2011. I 2011 vil det vere ei sterkare prioritering innanfor departementet sitt kjerneområde og område med relevans for verdiskaping.
Post 50 Forskingsaktivitet
Resultatrapport 2009
Landbruks- og matdepartementet sin Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon 2007-2012 legg føringar for prioriterte forskingsområde. Resultatrapporteringa er delt inn i tråd med dei tematiske prioriteringane i strategien.
Klimaforliket i Stortinget ga ei opptrapping av energiforskinga i 2009. Departementets energiforsking er i stor grad gjennomført i forskingsprogramma RENERGI og Natur og næring. Både Matprogrammet og Natur og næring har styrka den klimaretta forskinga i tråd med St.meld. nr 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen.
Dei tre programma Natur og næring, Norsk mat frå sjø og land (Matprogrammet) og Miljø2015 er sentrale innan landbruks- og matforskinga. I 2009 har det vore fokus på auka verdiskaping og auka FoU-innsats frå næringslivet. Programmet FORNY, som arbeider for auka kommersialisering av forskingsresultat, nytta 5 mill. kroner til verifiserings- og infrastrukturordninga.
Mat, helse og forbrukar
Dei viktigaste innsatsområda for Matprogrammet har i 2009 vore helse- og livskvalitet knytt til mat, konkurransedyktig råvareproduksjon, produksjons-/prosessteknologi og logistikk.
Næringsretta forsking, både gjennom innovasjonsprosjekt og kompetanseprosjekt, har stått sentralt. Ny forskingsverksemd frå 2009 har mellom anna tatt for seg marknadsforhold og forbrukarpreferansar, risikovurderingar knytt til tilsettingsstoff i matvarer samt økologiske fôrråvarer. Vidare førte ei eiga utlysing for forsking på klimaeffektar i landbruket til at tre nye prosjekt blei starta opp i 2009. Livssyklusanalyse av klima og miljøeffektane til ulike matvarer stod sentralt, samt den biologiske sårbarheita og moglegheitsrom i ulike produksjonssystem ved forventa klimaendringar. Den næringsretta forskinga er blitt prioritert.
På oppdrag frå departementet har Noregs forskingsråd gjennomført ei evaluering av forskinga innafor økologisk matproduksjon og konsum i perioden frå 1999 til 2009. Til saman 61 prosjekt er evaluert, og resultata synar at forskingas kvalitet og relevans i hovudsak er god, sjølv om det er eit betydeleg sprik mellom prosjekta og det er avdekt sentrale kunnskapsfelt som må bli utvikla, for at målsettinga om økologisk forbruk og produksjon skal bli nådd. Forsking på primærproduksjonen er dominerande i dei evaluerte prosjekta. Evalueringa har avdekt at forskinga i større grad bør ha eit heilskapleg verdikjedefokus, og det bør fokuserast på problemstillingar utover i verdikjeda.
Matprogrammet la i 2009 eit betydeleg arbeid i å identifisere store globale utfordringar og moglegheiter som norske matnæringar vil stå ovanfor i dei nærmaste tiåra. Arbeidet bidreg til at verksemda i programmet framover blir strategisk retta inn mot å byggje kunnskap på dei viktigaste av desse områda.
Tre og energi
Hovudsatsinga på energiforsking i Noregs Forskingsråd skjer gjennom programmet RENERGI. Programmet dekkjer alt frå grunnleggjande FoU til næringsretta forsking, og har ei rekkje lovande teknologiutviklingsprosjekt innan til dømes bioenergi i porteføljen. Fleire prosjekt tek utgangspunkt i råstoff frå norsk landbruk som trevirke, skogsavfall og jordbruksavfall. Prosjekta er i hovudsak retta mot utviklinga av nye og/eller meir effektive konverteringsprosessar til nyttige energiberarar som varme, elektrisk straum og drivstoff.
Frå 2008 har bioenergi vore ei eiga satsing i programmet Natur og næring. Programmet prioriterte i 2009 områda hausting, logistikk og foredling av råstoff, og auka bruk av tre. Eitt av dei store prosjekta innan bioenergi, som starta i 2009, analyserer integrert og optimal råstoffstyring i produksjonen av biodrivstoff, biovarme, pellets og papir.
Det er viktig at eit auka uttak av råstoff til bioenergi er berekraftig. Krava til kunnskap om dei økologiske konsekvensane, inkludert påverkinga på biologisk mangfald, er derfor store. Det blei i 2009 starta eit omfattande prosjekt om denne problemstillinga.
Eit prosjekt om auka bruk av tre i byggjenæringa blei avslutta i 2009. Prosjektet har omhandla kva for moglegheit ein har for å utarbeide standardisert, livsløpsbasert miljødokumentasjon for tre og trebaserte produkt. Resultata vil vere viktige for å styrkje kompetansen på energi- og miljøområdet, både for skog- og byggenæring.
Tenester
Forskingsprogrammet Natur og næring finansierer mellom anna tverrfagleg forsking innan tenesteyting, med vekt på både samfunns- og næringsperspektiv. Forskinga skal bidra til utvikling av endringsprosessar knytt til reiseliv, kultur, opplevingar og nye bransjar. Delar av porteføljen er politikk- og forvaltingsretta, og forskinga skal leggje til rette for berekraftig næringsverksemd.
I 2009 har det vore ønska å vri satsinga i ein produkt- og marknadsorientert retning. Det er òg utarbeidd ein samla oversikt over reiselivsrelatert FoU i Forskingsrådet som underlag for drøfting av ein meir heilskapleg satsing på området.
Landbruks- og matdepartementet sin Handlingsplan for Inn på tunet og rapporten Kunnskapsstatus og forskingsbehov for forsking for Inn på tunet la grunnlaget for utlysingar for forsking på Inn på tunet i 2009. To nye kompetanseprosjekt med brukarmedverksemd (KMB) til totalt 12,6 mill. kroner med felles finansiering over Natur og næring og forskingsmidlar over jordbruksavtalen (JA) blei vedteke sett i gang.
Miljø og ressursforvaltning
På bakgrunn av erfaringane frå mellom anna forskingsprogramma Marked og samfunn og Landskap i endring – bruk og forvaltning av kulturmiljø og naturressursar (2000-2006), blei det i 2009 starta opp eit stort prosjekt om arealbruken i kystsoner. Etablerte næringar, nye næringar og samfunns- og fritidsinteresser skal samarbeide om bruk på ein måte som tek vare på ressurs-, miljø- og klimaomsyn, og som skaper føreseielege rammer for næringsaktørane og fremjar næringsutvikling. Prosjektet skal gje meir heilskapleg og tverrfagleg kunnskapsutvikling og ny teknologi for å fremje verdiskaping, god forvaltning og andre samfunnsomsyn i kystsona.
Bruk og vern er eit sentralt tema, og forsking over tid i eit samspel mellom forvaltning, næring og forskingsmiljø er viktig for å kunne utøve kunnskapsbasert forvaltning og næringsverksemd. Det blei arrangert ein større konferanse om temaet i 2009 der forsking frå dei seinare åra blei presentert.
Programmet Miljø2015 har i 2009 gjennomført prosjekt innanfor områda biologisk mangfald, gjenvinning av landbruksavfall, kulturminne, fisk- og viltforvaltning og generell kunnskapsutvikling i skjeringa mellom miljø og landbruksforvaltning. I NORKLIMA er det avslutta prosjekt som har sett på effektar av klimaendringar på økosystem i landbruket. Nedskalerte klimascenario er kopla til agroøkologiske modellar mellom anna for å undersøkje grunnlaget for jordbruksproduksjon i perioden 2070-2100. Eit anna prosjekt har sett på flytting av tregrensa oppover i høgda som eit resultat av klimaendringar og konsekvensen av dette. Programmet Natur og næring starta i 2009 eit stort tverrfagleg prosjekt som har betre jordvern som bakgrunn og formål med særleg fokus på jordvern i urbane område.
Landbruk og samfunn
Innanfor temaområdet landbruk og samfunn har regionalpolitiske og internasjonale problemstillingar vore sentrale i 2009. Det er satt i gang prosjekt om forholdet mellom regionalpolitikken og strukturutviklinga i landbruket og forhold knytt til landbrukspolitikk og regionalpolitikk i lys av internasjonal utvikling og globalisering. Utfordringane i utviklinga av små landbrukseigedommar i utkant-Noreg er eit anna tema som har blitt utforska. Sluttrapport frå programmet Landskap i endring blei lagt fram i 2009 og viser sentrale forskingsresultat innanfor mellom anna rovvilt, hjortevilt, kulturlandskap. Tematikken i programmet blir følgt opp i Miljø2015.
Prosjektet WTO-forhandlingar og endringar i rammevilkår for norsk landbruk, fiskeri og havbruksnæring blei avslutta i 2009. Prosjektet har hatt som føremål å auke kunnskapen om forhandlingane i Doha-runden i Verdens handelsorganisasjon (WTO) og drøfte kva endra rammevilkår vil bety for norsk fiskeri-, havbruks- og landbrukspolitikk.
Internasjonalt forskingssamarbeid
Forskingsrådet deltok òg i 2009 aktivt i det nordiske samarbeidet, mellom anna for å få til eit meir effektivt samarbeid innanfor skog, mat og jordbruk. Dette har gitt resultat i 2010 bl.a. ved overføring av sekretariatet for Nordisk Kontaktorgan for Jordbruksforskning (NKJ) til NordForsk og ny strategi for NKJ. Dette legg til rette for at organisasjonen får ein utvida strategisk rolle. Matprogrammet bidrog med midlar til eitt nytt prosjekt med norsk deltaking i regi av NKJ i 2009.
Innanfor Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde er Forskingsrådet sitt arbeid i delprogrammet Food, Agriculture and Fisheries and Biotechnology særskilt verdifullt. På matdelen av dette delprogrammet har norske forskarar hittil vore med i 20 pst. av prosjekta.
Forskingsrådet deltek saman med departementet òg i Standing Committee for Agricultural Research (SCAR). På denne måten er Forskingsrådet med på å påverke opprettinga av nye ERA-NET og andre felles prioriteringar, mellom anna på matområdet. Mat og matproduksjon er knytt til fleire av dei store samfunnsutfordringane som EU-forskinga i stadig større grad rettar seg inn mot. Alle delar av norsk matforsking vil derfor ha moglegheiter for internasjonalt samarbeid.
I løpet av 2008/09 har felles programsamarbeid (Joint Programming Initiatives, JPI) utvikla seg. JPI skal vere felles FoU-program som adresserar dei store samfunnsutfordringane, som klima, mattryggleik, aldrande befolkning, helseutfordringar osv.
Wood Wisdom Net 2 er eit ERA-NET som skal utvikle samarbeid mellom europeisk skogsektor og skogbasert industri, forskingssamfunnet og finansierande myndigheiter. Programmet Natur og næring vil bidra med 12 mill. kroner i ein 3-årsperiode til den utlysingsrunden som dette nettet gjennomførte i 2009.
Forskingsrådet har i 2009 vidareført samarbeidet med Nord-Amerika på områda mattryggleik, bioenergi og biobaserte produkt. Det er gitt tre stipend til nordamerikanske forskarar for forskingsopphald ved norske forskingsmiljø. Ni stipendiatar har i 2009 vore knytt til prosjekt med samarbeid i Nord-Amerika. Det er i stor grad knytt bedrifter til desse prosjekta.
I India samarbeider norske landbruksforskingsmiljø med lokale myndigheiter og forskingsinstitusjonar med problemstillingar knytt til matsikkerheit og klimaendringar.
Budsjettframlegg 2011
Departementet gjer framlegg om å løyve 217,5 mill. kroner til landbruks- og matforsking i 2011. Løyvinga følgjer dei forskingspolitiske og tematiske prioriteringane gitt i kat. 15.20 og Landbruks- og matdepartementet sin Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon. Prioriteringane er i samsvar med regjeringa sine prioriteringar slik dei kjem fram i St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forsking. Forsking på fornybar energi, konsekvensar av klimaendringar, berekraft, konkurranseevne og lønnsemd i norsk matproduksjon innanfor eit endra klima står sentralt i meldinga. Satsinga på forsking innan desse områda vil i stor grad vidareførast i 2011.
Aktiviteten knytt til post 50 er i hovudsak retta mot matområdet, skog og andre naturbaserte verdikjeder samt klima. Innanfor desse områda vil departementet i 2011 leggje vekt på forsking for å sikre tilgang på nok og trygg mat, samt vidareføre satsinga på klimaforsking. Løyvinga til næringsretta forsking på matområdet vil bli prioritert i 2011. Dei samla overføringane til mellom anna miljøforsking, fornybar energi og kommersialisering vil bli redusert. Departementet meiner det kan vere grunn for å sjå postane 50 og 51 meir i samanheng, slik at nokre midlar over post 50 kan bli nytta for å sikre langsiktig kompetanseutvikling innanfor sektoren, jf. post 51. Departementet vil på egna måte kome nærmare tilbake til saka.
Frå 2010 er det etablert ein felles målstruktur for departementas tildelingar til Noregs forskingsråd. Den nye målstrukturen skal gjere styringsdialogen mellom Forskingsrådet og departementa enklare og betre koordineringa av styringssignala frå departementa. Budsjettframlegget følgjer den nye målstrukturen.
Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet
St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forsking klargjer dei nasjonalt prioriterte forskingsområda. Landbruks- og matdepartementet legg særskilt vekt på forsking for å bidra til løysing av globale utfordringar med vekt på klima, energi, miljø og mattryggleik; eit kunnskapsbasert næringsliv i heile landet; og næringslivsrelevant forsking innan områda mat, reiseliv, energi, miljø og nye produkt/bruksområde. Tematisk vil forskinga ta for seg dei fem prioriteringane i departementets Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon.
Mat, helse og forbrukar
Verda står framfor store utfordringar med å produsere nok mat til eit voksande folketal og eit endra klima. For Noreg er det viktig å tryggje den nasjonale mattilgangen. Forskinga skal støtte opp under og dokumentere lokale fortrinn som kan bidra til auka etterspørsel etter norske matvarer og stimulere til innovasjon og verdiskaping i næringslivet. Forsking innanfor matområdet og på norsk næringsmiddelindustri si konkurransekraft er viktig og skal prioriterast for å styrkje norsk matproduksjon. På desse områda vil ei styrking av det internasjonale samarbeidet vere viktig.
Klimaendringar kan gi nye sjukdommar og smittemønster hos planter og dyr, og mellom dyr og menneske. Det er viktig å sette i gong tiltak som avgrensar verknaden av klimarelatert auke i utbreiinga av skadedyr og sjukdommar i plante- og dyreproduksjonen. Forsking som aukar kunnskap omkring dette og forsking på velferda til husdyr under ulike driftsformar, produksjonsformar og ved klimaendringar er prioritert.
Det er behov for meir forsking for å sikre trygg mat og hindre smitte hos dyr og i mat. Kunnskapen om kva slags alvorlege plante- og dyresjukdommar som har auka risiko for introduksjon, spreiing og etablering i Noreg, og kva for betyding dei kan ha for landbruks- og matproduksjonen må styrkjast. Faren for sjukdommar som smitter mellom dyr og menneske (zoonosar) må ha spesiell merksemd. Ei auke av den forvaltingsretta forskinga på mattryggleik vil gi kunnskap som kan effektivisere forvaltinga si overvaking og kartlegging innanfor dette området.
Forskingsrådet si evaluering av norsk økologisk forsking har vist at kvaliteten på forskinga er varierande. Evalueringa syner at det mellom anna er behov for forsking utover i verdikjeda, både på industrileddet og på forbrukarleddet. Departementet forventar at kvaliteten på forskinga blir heva, og at den økologiske forskinga i større grad får eit heilskapleg fokus.
Samanhengen mellom grunnleggjande og anvendt plantebiologisk forsking forventast betra, både for å betre utnyttinga av resultata av forskinga, og for å betre rekrutteringa til sektoren. Ei slik koordinering vil gi forskinga eit meir heilskapeleg fokus.
Tre og energi
I tråd med klimaforliket i Stortinget, St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk og regjeringa sitt arkitekturpolitiske dokument arkitektur.nå (2009) ønskjer departementet å vidareføre forsking og utvikling på fornybare energikjelder, karbonfangst og –lagring, auka bruk av bioenergi og meir trebruk.
Mellom anna skal forskinga bidra til auka trebruk med sikte på varig binding av karbon og miljøvinster ved at tre erstattar materialar som gir meir klimautslipp. Regjeringa har som mål at norsk forsking på bioenergi og innovativ bruk av tre skal vere på eit internasjonalt nivå, og at sektoren aktivt søkjer internasjonalt samarbeid. Forsking for å nå desse måla, samt å auke lønnsemda i desse næringane, skal prioriterast.
Forskingsinnsatsen innanfor biovarme, biogass og biodrivstoff vil bli vidareført. Dette skal vere med på å auke uttak og bruk av biomasse frå skog og betre skognæringas konkurranseevne gjennom berekraftig produksjon. Forsking på biodrivstoff vil bli sett i samanheng med Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon og støtte til demonstrasjonsanlegg for andre generasjon biodrivstoff.
Auka forsking i næringa er avgjerande for den vidare veksten og utviklinga av dei skog- og trebaserte verdikjedene, og det er behov for forsking og utvikling på fleire område. Det er ønskjeleg at Forskingsrådet saman med Innovasjon Norge bidreg til å styrkje forskinga på skog- og treområdet.
Tenester
Innovasjonsgraden i grønt reiseliv i Noreg skal aukast. I den samanheng er det nødvendig med kunnskap som bidreg til å betre konkurranseevna i næringa. Dei siste åra har regjeringa satsa på Inn på tunet-tenester, og det har vore ein monaleg auke i tilbydarar av slike tenester. Dette aukar behovet for forskingsbasert kunnskap om effekten av Inn på tunet-tilbod samt om hindringar og moglegheiter innanfor næringa. Siktemålet er auka lønnsemd i verdikjeda gjennom innovasjon og marknadstilpassing av produkt, og auka tal produktleverandørar. Dei prioriterte områda går fram av rapporten Kunnskapsstatus og forskningsbehov for Inn på tunet (UMB 2008).
Miljø- og ressursforvalting
Klimagassutsleppa frå landbruket må reduserast. Det trengs derfor meir forsking om utsleppa frå sektoren og korleis ein kan kutte desse. Det er vidare eit behov for å styrkje og systematisere kunnskap om den samla miljøbelastinga i heile matproduksjonskjeda. Mellom anna er det bruk for kunnskap som aukar forståinga av karbonet og nitrogenet sitt omløp.
Regjeringa har òg som mål å auke kunnskapen og dokumentasjonen om foredling og genetisk variasjon.
Landbruk og samfunn
Forsking på korleis Noreg kan påverke og blir påverka av internasjonale handelsavtaler, EU sin felles landbrukspolitikk og internasjonale konkurranseforhold skal prioriterast. Denne kunnskapen skal alltid vere oppdatert. Forskinga skal gjere at måla i landbrukspolitikken blir ivaretekne ved å synleggjere korleis Noreg best kan tilpasse seg internasjonale forhold gjennom aktiv politikk. Forskinga skal òg sikre samfunnets tillit til sektoren når det gjeld norsk mat, matproduksjon, dyrehald og klima- og miljørelaterte spørsmål.
Problemstillingar som mattryggleik, sikker tilgang på mat og tilgang på sunn mat, krev samfunnsfagleg kompetanse. Denne kompetansen skal vere meir tilgjengeleg og betre utnytta.
Konflikten rundt beitedyr og rovvilt må reduserast. Det trengst derfor meir kunnskap om korleis ein kan kombinere utnytting av beiteressursane i utmarka, kulturlandskapspleie og biologisk mangfald på den eine sida og interessen for å oppretthalde rovdyrbestanden på den andre sida.
Mål 2: God ressursutnytting og høveleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet
Noreg skal ha fleire forskingsmiljø i internasjonal toppklasse i landbruks- og matsektoren. Dette krev deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid. Noregs forskingsråd må derfor kontinuerleg arbeide for auka norsk deltaking i prosjekt i EU sitt 7. rammeprogram, europeiske randsoneprogram samt andre internasjonale samarbeidsformer innanfor landbruks- og matforskinga. I tråd med regjeringa sin strategi for Noreg sitt samarbeid med EU om forsking og utvikling, skal dei nasjonale forskingsprogramma i regi av Forskingsrådet styrkje sitt strategiske, tematiske og finansielle samspill med EU-forskinga. Forskingsrådet har eit særskilt ansvar for å følgje opp dette. Ei særskilt utfordring i 2011 kan bli etableringa av Joint Programming Initiatives (JPI). Fire JPI er under etablering, og Noreg deltek i alle. To av desse er på matområdet, Agriculture, food security and climate change og A healthy diet for a healthy life. Finansieringa må sjåast i samanheng med dei øvrige prioriteringane innanfor fagområda.
Landbruks- og matdepartementet legg vekt på at ein i 2011 får vidareutvikla og utnytta dei forbetringane av det nordiske forskingssamarbeidet i mat- og landbrukssektoren som det blei lagt til rette for i 2010. Samarbeidet skal både omfatte konkrete nordiske problemstillingar og gi nødvendig plattform for felles nordiske internasjonale initiativ.
Departementet har betydelege forventningar til konkrete resultat av det bilaterale samarbeidet med Nord-Amerika både når det gjeld prosjektsamarbeid, forskarutveksling og utdanning. Mattryggleik, bioenergi og klima, kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av ny næringsverksemd er prioriterte område innanfor samarbeidet. Forskingssamarbeidet mellom Universitetet for miljø- og biovitenskap og Universitetet i Minnesota skal utviklast vidare for å fremje mobilitet og samarbeid innanfor områda mattryggleik, bioenergi og klima, med vekt på forsking på opptak av CO2 og lagring av karbon innanfor landbruket. Departementet legg vekt på at fleire norske forskingsmiljø deltek og vil vidareutvikle samarbeidet med aktuelle departement.
Det skal leggast til rette for ei dynamisk og effektiv samhandling og arbeidsdeling i forskingssystemet. For å oppnå ei best mogleg ressursutnytting og resultatoppnåing av samla ressursbruk bør samarbeidet mellom Forskingsrådet og dei ulike næringsfonda vidareutviklast.
Mål 3: Forskingas resultat tas i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvalting i heile landet
Departementet ønskjer auka kommersialisering av forskingsresultat. For å oppnå dette er det viktig at Innovasjon Norge, forskingsinstitutta, SIVA og Forskingsrådet samarbeider om å auke innovasjonsgraden i sektoren. Forsking og formidling er sentralt for å auke kunnskapselementet i vare- og tenesteproduksjonen. Den næringsrelevante forskinga og formidlinga skal støtte lokale og regionale innovasjonssystem.
Fokus på kommersialisering vil i større grad følgjast opp gjennom institutta. Dette kjem som eit resultat av arbeidet med etableringa av ei innovasjonssatsing på Ås. Departementet vidarefører òg midlane til Virkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) i 2011.
Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.
Noregs forskingsråd har ansvar for tildeling av basisløyvingar over post 51 til følgjande fem forskingsinstitutt som Landbruks- og matdepartementet har sektoransvar for: Bioforsk, Bygdeforsking, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet. I tillegg får Nofima strategiske midlar innanfor denne basisløyvinga.
Bioforsk og Veterinærinstituttet blir omtala nærmare i kap. 1112, og NILF og Norsk institutt for skog og landskap i kap. 1141. Sjå Prop. 1 S (2010-2011) for Fiskeri- og kystdepartementet for nærmare omtale av Nofima.
Norsk senter for bygdeforskning (Bygdeforskning) mottek basisløyving frå departementet og er ein nasjonal forskingsstiftelse som bidreg med samfunnsvitskapleg forsking til kunnskapsallmenningen. Dette gir grunnlag for å gi råd og å delta i samfunnsdebatten. Bygdeforskning har eit nasjonalt ansvar for å utvikle og ta vare på grunnleggjande forskingskompetanse innanfor bygdesosiologi og fleirfaglege bygdestudiar og fungere som eit godt synleg knutepunkt for internasjonal ruralsosiologi.
Bygdeforskning skal utføre samfunnsvitskapleg kunnskapsutvikling og formidling særleg innanfor følgjande felt:
lokalsamfunn, bygdeliv, kultur: Sentralt står utviklingstrekk og fenomen knytt til endringsprosessar og nye tilpassingar i bygdesamfunn.
ressursforvaltning, miljø, landskap: Sentralt står prosessar knytt til bruk, vern og forvaltning av natur, kulturlandskap og kulturarv i fjell-, innland- og kystområde.
næringsutvikling, landbruk, verdikjeda for mat: Sentralt står endringar i tradisjonelt jord- og skogbruk og verdikjedene for mat og fiber.
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å sikre ein sterk instituttsektor innanfor landbruks- og matområdet, med evne til å tilby bruksretta forsking av høy internasjonal kvalitet til næringsliv og forvaltning. Dei statlege løyvingane skal brukast til langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging innanfor instituttas formål og strategisk prioriterte område.
Dei skal òg vere reiskap i den offentlege forskingspolitikken for å utvikle kunnskap på nasjonalt prioriterte område i arbeidsdeling og konkurranse med universitets- og høgskolesektoren og andre forskingsinstitutt.
Grunnløyvingar og strategiske instituttprogram for dei fem institutta som Landbruks- og matdepartementet har sektoransvar for, er omtalt i budsjettframlegget 2011.
Resultatrapport 2009
Dei fem landbruks- og matforskingsinstitutta hadde samla eit positivt driftsresultat i åra 2007, 2008 og 2009, men hadde eit driftsunderskott i åra 2005 og 2006. Driftsinntektene har auka frå 671 mill. kroner i 2005 til 1 010 mill. kroner i 2009 (ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter). Institutta sine samla driftsinntekter kjem frå ulike kjelder og det er store skilnader i finansieringsstrukturen til institutta.
I 2009 kanaliserte Forskingsrådet 269 mill. kroner til dei fem institutta, ein auke frå 181 mill. kroner i 2005. Løyvinga frå Forskingsrådet til institutta, som del av dei samla driftsinntektene, har vore mellom 25 og 27 pst. i heile perioden frå 2005 til 2009. Dei samla basisløyvingane (grunnløyving og strategiske instituttprogram) frå Forskingsrådet til institutta, som del av dei samla driftsinntektene, har vist ein svak reduksjon dei siste fem åra, frå 18 pst. i 2005 til 16 pst. i 2009.
Tabell 2.3 Oversikt over økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2009.
Driftsinntekter1 | Drifts-resultat | Grunnløyving | Løyving til strategiske instituttprogram | Basisløyving per forskar-årsverk | Basisløyving i prosent av driftsinntekter | |
---|---|---|---|---|---|---|
mill. kr | 1 000 kr | mill. kr | mill. kr | 1 000 kr | Prosent | |
Bioforsk | 423,7 | 9 278 | 72,6 | 11,9 | 377 | 20 % |
Bygdeforskning | 23,5 | 107 | 3,7 | 2,7 | 404 | 27 % |
NILF | 51,0 | 667 | 6,9 | 3,6 | 376 | 21 % |
Norsk institutt for skog og landskap | 201,6 | 3 292 | 29,0 | 6,7 | 565 | 18 % |
Veterinærinstituttet | 310,6 | - 2 471 | 12,4 | 8,8 | 138 | 7 % |
Sum | 1 010,4 | 10 873 | 124,6 | 33,7 | ||
Gjennomsnitt | 326 | 16 % |
1 Samla inntekter eksklusive finansinntekter og ekstraordinære inntekter. Kjelde: Nøkkeltall frå NIFU STEP.
Institutta har i 2009 hatt oppdragsinntekter frå offentleg forvaltning på om lag 90 mill. kroner, frå næringslivet på om lag 143 mill. kroner og frå utlandet på knappe 35 mill. kroner. Samla driftsinntekter frå utlandet og driftsinntekter frå næringslivet, som del av dei samla driftsinntektene utanom basisløyvingane og løyvingar til nasjonale oppgåver og forvaltningsretta oppgåver, har vist ein liten auke dei siste tre åra (2007-2009). Det er ein nedgang i samla driftsinntekter frå offentleg forvaltning i perioden. (Sjå òg Del III og nøkkeltal basert på kontantprinsippet.)
Tabell 2.4 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2009.
Samla årsverk | Forskarårsverk i prosent av samla årsverk | Tilsette med dr. grad per forskarårsverk | Talet på vit. publikasjonar | Publikasjonspoeng per forskarårsverk | |
---|---|---|---|---|---|
Tal | Prosent | Forh. tal | Forh. tal | ||
Bioforsk | 408 | 55 % | 0,68 | 90 | 0,26 |
Bygdeforskning | 21 | 77 % | 0,69 | 8 | 0,39 |
NILF | 62 | 45 % | 0,54 | 16 | 0,29 |
Norsk institutt for skog og landskap | 206 | 31 % | 0,95 | 47 | 0,41 |
Veterinærinstituttet | 347 | 44 % | 0,63 | 124 | 0,52 |
Sum | 1 044 | 285 | |||
Gjennomsnitt | 46 % | 0,70 | 0,37 |
Personalressursane utgjorde i 2009 1 044 årsverk, ein auke frå 900 i 2005. 46 pst. er klassifisert som forskarårsverk. Dette er ein auke frå 43 pst. i 2005. Om lag 70 pst. av forskarane har doktorgrad. Delen av kvinnelege forskarar har auka frå 40 pst. i 2005 til 46 pst. i 2009. I alt 62 doktorgradsstipendiatar hadde arbeidsplass ved institutta i 2009, av desse var 34 kvinner. Det blei avlagt 20 doktorgradar der tilsette ved institutta var rettleiar for stipendiaten, av desse var 11 kvinner.
Rapporteringa av vitskapleg publisering er endra frå 2007 og tal frå tidlegare år kan ikkje samanliknast direkte. Det blir no berekna publikasjonspoeng, eit vekta uttrykk for publikasjonsaktivitet og kvalitetsnivå. Dei fem landbruksinstitutta hadde eit snitt på 0,37 publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2009, medan talet var 0,43 publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2008 og 0,47 i 2007. Landbruks- og matdepartementet vil saman med Forskingsrådet følgje nøye med på utviklinga framover.
Bioforsk
Den positive utviklinga frå dei siste åra er ført vidare i 2009 og Bioforsk hadde i 2009 eit positivt driftsresultat på heile 9,3 mill. kroner. Instituttet har i 2009 nytta 84,5 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Dette er ein auke på 0,6 mill. kroner frå 2008. Innanfor den samla basisløyvinga frå Noregs forskingsråd er det vidareført seks strategiske instituttprogram i 2009. Basisløyvinga har i heile perioden 2005-2009 vore på mellom 20 og 22 pst. av dei samla driftsinntektene. Talet på årsverk ved instituttet var i 2009 408, ein nedgang på 39 frå 2005. Talet på forskarar som del av det samla talet på årsverk var 55 pst. i 2009, medan det i 2005 var 45 pst. Bioforsk hadde 0,26 publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2009, medan talet var 0,39 i 2008.
Norsk senter for bygdeforsking (Bygdeforskning)
Etter arbeid med omstilling og eit mindre driftsunderskott i 2007, var driftsresultatet både i 2008 og 2009 positivt. Instituttet har i 2009 nytta 6,4 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet, ein nedgang på 1 mill. kroner frå 2008. Innanfor den samla basisløyvinga frå Noregs forskingsråd er det vidareført to strategiske instituttprogram i 2009. Basisløyvinga er i perioden 2005-2009 redusert frå 36 pst. til 27 pst. av dei samla driftsinntektene til instituttet. Talet på årsverk ved instituttet var 21 i 2009, medan det i 2005 var 22. Talet på forskarar som del av det samla talet på årsverk var 77 pst. i 2009, medan det i 2005 var 79 pst. Bygdeforskning hadde 0,39 publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2009, medan talet var heile 1,16 i 2008.
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
NILF har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 2005-2009. Instituttet har i 2009 nytta 10,5 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet, ein auke på heile 2,3 mill. kroner frå 2008. Innanfor den samla basisløyvinga frå Noregs forskingsråd er det vidareført to strategiske instituttprogram i 2009. Basisløyvinga har i perioden 2005-2009 auka frå 18 pst. av samla driftsinntekter i 2005 til 21 pst. i 2009. Talet på årsverk ved instituttet var 62 i 2009, det same som i 2005. Talet på forskarar som del av det samla talet på årsverk var 45 pst. i 2009. Talet kan ikkje samanliknast direkte med tidlegare år, fordi personar som berre arbeider med statistikkproduksjon og liknande ikkje er med i talet på forskarar i 2009. NILF hadde 0,29 publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2009.
Norsk institutt for skog og landskap
Norsk institutt for skog og landskap hadde driftsoverskott i 2009. Instituttet nytta ei basisfinansiering på 35,7 mill. kroner frå Forskingsrådet i 2009, ein auke på 0,3 mill. kroner frå 2008.
Innanfor den samla basisløyvinga frå Noregs forskingsråd er det vidareført fire strategiske instituttprogram i 2009. Basisløyvinga til Norsk institutt for skog og landskap i 2009 utgjorde om lag 18 pst. av dei samla driftsinntektene, medan delen i 2007 var 19 pst. Talet på årsverk ved instituttet var i 2009 på 206, ein auke på 4 frå 2007. Talet på forskarar som del av det samla talet på årsverk var 31 pst. i 2009, det same som i 2007. Skog og landskap hadde 0,41 publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2009, medan talet var 0,47 i 2008.
Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet hadde i 2009 eit driftsunderskott på 2,5 mill. kroner. Instituttet nytta ei basisfinansiering på 21,2 mill. kroner frå Forskingsrådet i 2009, ein auke på 4,9 mill. kroner frå 2008. Innanfor den samla basisløyvinga frå Noregs forskingsråd er det vidareført tre strategiske instituttprogram i 2009. Eitt av dei strategiske instituttprogramma er innanfor sektoren til Fiskeri- og kystdepartementet. Basisløyvinga frå Forskingsrådet utgjer ein liten del av dei samla driftsinntektene til instituttet, og har vore på 6-7 pst. i perioden 2005-2009. Talet på årsverk ved instituttet har auka frå 272 i 2005 til 347 i 2009. Talet på forskarar i høve til samla årsverk har auka frå 32 til 44 pst. i perioden. Veterinærinstituttet hadde 0,52 publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2009, medan talet var 0,45 i 2008.
Budsjettframlegg 2011
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 181,1 mill. kroner som basisløyvingar til forskingsinstitutt, fordelt på grunnløyving og strategiske instituttprogram med meir. Ut over dei fem institutta som departementet har sektoransvar for, får Nofima midlar til strategiske instituttprogram i 2011 innanfor denne løyvinga. Nofima er eit viktig institutt for utvikling av norsk mat- og næringsmiddelproduksjon, og skal leggje vekt på å oppnå synergiar mellom grøn og blå sektor.
Det er vidare sett av 0,3 mill. kroner til Nordiske jordbruksforskarar si foreining (NJF). NJF er eit forum for personar som er knytt til landbruksvitskapleg forsking, undervisning og rettleiing i Norden. Målet er å fremje jordbruksforskinga og formidle resultata gjennom utvikling av samarbeid mellom jordbruksforskarar i Norden.
Basisløyvingar til forskingsinstitutt
Eit nytt basisfinansieringssystem for instituttsektoren blei innført frå 2009. Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet er felles ansvarlege departement for grunnløyvingane til primærnæringsarenaen, som omfattar Bioforsk, Bygdeforskning, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Nofima AS, SINTEF Fiskeri og havbruk, Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet.
Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta består av grunnløyving og strategiske løyvingar. Grunnløyvinga består av ein fast del og ein resultatbasert del. Inntil 30 pst. av basisløyvinga på fordelingsarenaen for primærnæringsinstitutta skal nyttast til strategiske instituttløyvingar, for å ivareta langsiktig kompetanseheving og kunnskapsoppbygging ved institutta. Det blei bestemt at nye strategiske satsingar først skulle lysast ut når alle institutta på arenaen hadde avslutta dei vesentlegaste kontraktane om strategisk instituttprogram frå den tidlegare ordninga.
I 2010 er 2,5 pst. av eksisterande grunnløyving blitt fordelt etter oppnådde resultat. For 2011 vil departementet vidareføre den resultatbaserte omfordelinga på 2,5 pst. av grunnløyvingsramma for primærnæringsinstitutta. Omfordelinga skal vurderast på nytt for 2012.
Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet foreslår at eksisterande ordning for strategiske instituttløyvingar forlengast, og at det tas stilling til innretting på eventuell ny strategisk ordning for primærnæringsarenaen for 2012.
Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruks- og matvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Departementet føreset at institusjonane framleis legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom.
Grunnløyvingar til forskingsinstitutt
Grunnløyvingane skal gå til aktivitetar som er sentrale for forskinga ved institutta, slik som langsiktig kompetanseutvikling, fagleg fornying, rekruttering, forsking innanfor institutta sine kjerneområde, vitskapleg utstyr, kvalitetssikring, nettverksbygging, publisering og formidling.
Strategiske instituttprogram
Noregs forskingsråd tildeler strategiske program til institutt og forskingsmiljø ved universitet og vitskaplege høgskolar innanfor Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar. Målet er å skape forskingsmiljø av høg kvalitet gjennom målretta grunnleggjande forsking, brukarretta forsking og kompetanseoppbygging, slik at dei kan utvikle seg til gode reiskap for forsking, forvaltning og næringsliv innanfor sektoren. Dei strategiske programma skal brukast til å utvikle kompetanse innanfor prioriterte forskingsfelt og felt der det er behov for rekruttering, og for å etablere og vidareutvikle faglege tyngdepunkt.
Post 52 Omstillingsmidlar Bioforsk
Bioforsk blei etablert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter frå 1.1.2006. Instituttet har vore gjennom ein omstillingsprosess i perioden 2006-2009, som no er avslutta.
Resultatrapport 2009
Omstillinga i Bioforsk 2006-2009 er avslutta. Den venta effekten av tiltaka i omstillings- og forretningsplanen resulterte i eit samla positivt driftsresultat for heile omstillingsperioden på nesten 5 mill. kroner. Bioforsk har kvart år i omstillingsperioden hatt vekst i driftsresultat, og i 2009 var dette på 9,3 mill. kroner. Bioforsk har gjennom omstillingsperioden vist seg fram som eit robust landbruks- og miljøfagleg forskingsmiljø med i snitt 100 vitskapelege publiseringar i internasjonale tidskrift per år. Samtidig har inntektene frå den konkurranseutsette oppdragsmarknaden auka betydelig, mellom anna har graden av inntekter frå internasjonale prosjekt auka frå ein halv til over 6 pst. i omstillingsperioden.
Bioforsk har minska tala på årsverk frå 430 i 2006 til 408 i 2010, noko som utgjer 5 pst. reduksjon. Sluttavtaler er inngått med 35 personar og tre har ventelønn. Like fullt har trongen for ny kompetanse vist seg å vere omfattande og større inntektsvekst enn venta har gjort ny rekruttering både mogleg og nødvendig. Målsetjinga om 10 pst. reduksjon i bemanninga er derfor ikkje gjennomført.
Faktureringsgraden har auka i perioden med 7 pst. for vitskapleg tilsette og 2 pst. for teknisk personale. Informasjonstenester og andre fellestenester blir nytta betre mellom anna ved bruk av videokonferansesystem, sentralisert serverdrift og felles mobiltelefonisystem.
Bioforsk har selt eigedommane Njøs, Kise og Sæter og flytta delar av FoU-verksemda til Ullensvang, Apelsvoll og Løken. Bygningsmassen ved Kvithamar er framleis større enn behova, og framtidig disponering av Vågønes er ikkje avklara.
I 2009 er omstillingsmidlane nytta til fullføring av dei bygningsmessige endringane som var nødvendig i samband med flytting av FoU-aktivitet, jf. ovanfor. Vidare er det i 2009 nytta midlar til sluttavtaler i samband med avslutting av ein del arbeidsforhold. Desse kostnadane vil halde fram, om enn i mindre skala enn i 2009 òg i 2010.
Post 53 Omstillingsmidlar, instituttsektoren o.a.
Landbruks- og matdepartementet har sterke areal- og funksjonsmessige interesser knytt til vedtaka i Innst. S. nr. 176 (2007-2008) Om framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskole. Dette er knytt til flytting av Veterinærinstituttet til Ås og felles lokalisering med det nye universitetet i Ås.
Flyttinga fører med seg store investeringar i infrastruktur. Det er i den samanheng nødvendig å sikre at ein samla får til mest mogleg funksjonelle lokalitetar og legg til rette for å utnytte potensialet for faglege og administrative synergiar med dei forskingsinstitutta som allereie er på Ås; Bioforsk, Nofima og Norsk institutt for skog og landskap. Landbruks- og matdepartementet følgjer derfor tett arbeidet i Fellesstyret for Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitenskap samt prosessen med å vidareutvikle samarbeidet innanfor instituttsektoren på Campus Ås.
Landbruks- og matdepartementet legg opp til ei løyving på 4,1 mill. kroner som blir sett av til å dekkje delar av Veterinærinstituttet sine kostnader i samband med flyttinga samt til arbeid med å vidareutvikle synergiane i instituttsektoren.
2 Nærare omtale av løyvingsforslaga
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak
Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 27 007 | 28 320 | 37 320 | 31,8 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 32 359 | 35 584 | 39 584 | 11,2 |
1141 | Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket | 110 574 | 118 112 | 118 112 | 0,0 |
1143 | Statens landbruksforvaltning | 340 441 | 352 370 | 357 218 | 1,4 |
1144 | Regionale og lokale tiltak i landbruket | 5 721 | 4 292 | 6 592 | 53,6 |
1147 | Reindriftsforvaltninga | 62 007 | 59 983 | 60 353 | 0,6 |
1148 | Naturskade – erstatningar | 63 527 | 87 000 | 90 000 | 3,4 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket | 64 958 | 69 756 | 65 756 | -5,7 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 12 471 147 | 12 928 206 | 13 337 606 | 3,2 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 95 391 | 101 000 | 101 000 | 0,0 |
1161 | Statskog SF – forvaltningsdrift | 23 226 | 23 969 | 21 969 | -8,3 |
Sum kategori 15.30 | 13 296 358 | 13 808 592 | 14 235 510 | 3,1 |
Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
4138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 2 451 | 2 478 | 7 194 | 190,3 |
4143 | Statens landbruksforvaltning | 40 544 | 34 551 | 35 622 | 3,1 |
4147 | Reindriftsforvaltninga | 2 065 | 35 | 36 | 2,9 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 18 306 | 53 150 | 10 000 | -81,2 |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 809 601 | 731 143 | 738 767 | 1,0 |
Sum kategori 15.30 | 872 967 | 821 357 | 791 619 | -3,6 |
Mål og strategiar
Regjeringa sine ambisjonar for landbruks- og matpolitikken er nedfelte i Soria Moria-erklæringa. Hovudmålet er å halde ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig og klimariktig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar.
Hovudmålet, delmåla og hovudstrategiane for landbruks- og matpolitikken er omtalt i proposisjonen sin innleiande del, sjå kap. 1. For omtale av landbruksforvaltninga, matpolitikk og forsking, sjå kat. 15.00, 15.10 og 15.20.
Programkategori 15.30 omhandlar næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak som skal gi bidrag til god måloppnåing i landbruks- og matpolitikken. Måloppnåinga har grunnlag i ein brei verkemiddelbruk som for ein stor del er knytt til den årlege jordbruksavtalen.
Skatte- og avgiftssystemet er òg viktig for næringsutvikling i jordbruket og næringsmiddelindustrien, i skogbruket og ved produksjon av bioenergi og for anna landbrukstilknytt næringsverksemd. Skatt og avgifter verkar inn på produksjon og forbruk av varer og tenester basert på landbruket sine ressursar, noko som òg har konsekvensar for naturmiljøet og bruken av naturressursar. Skatte- og avgiftsspørsmål er ikkje nærare omtalt her. For ein samla omtale av skatte- og avgiftsopplegget for 2011, sjå Prop. 1 S (2010-2011) og Prop. 1 L (2010-2011) frå Finansdepartementet.
Tiltaka i kat. 15.30 rettar seg særleg mot desse delmåla:
Fremje mangfald og andre forbrukaromsyn
Nasjonal matforsyning, ein konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande og berekraftig produksjon av varer og tenester
Ei berekraftig og klimariktig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet
Berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring
Eit aktivt landbruk som medverkar til sysselsetjing og busetjing over heile landet, og som gir grunnlag for auka verdiskaping gjennom ny næringsverksemd
Ei livskraftig reindriftsnæring
Landbruksverksemda og ressursane på landbrukseigedommane spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet og er berebjelken i mange bygder. Regjeringa har som mål å auke verdiskapinga for primærprodusentane og verksemder som vidareforedlar råvarer frå norsk landbruk. Samtidig vil regjeringa leggje til rette for ny næringsverksemd og styrkje lokalsamfunna gjennom utnyttinga av heile bredda av ressursar i landbruket. Landbruks- og matpolitikken skal medverke til eit meir miljøvennleg og langsiktig landbruk enn det reine marknadsløysingar ville ha gitt. Landbruket kan òg gi positive bidrag i arbeidet med å løyse klimautfordringane. Det er derfor eit mål å fremje og forsterke gode klimatiltak i landbruket.
Internasjonale avtaler og prosessar legg rammer for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde. Kategoriomtalen her gir derfor òg omtale av internasjonale perspektiv og samarbeid med stor relevans for landbruket.
Prioriteringane for 2011 er òg basert på St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Departementet følgjer no opp tiltak frå denne meldinga. Regjeringa har varsla ei ny klimamelding i 2011, som skal følgje opp utgreiinga Klimakur 2020 frå Klima- og forureiningsdirektoratet (KLIF).
Internasjonalt perspektiv – landbruk, klima og mat
Landbruk, klima og mat
Utsleppa av klimagassar fører til global oppvarming og eit endra klima. FNs klimapanel har i ein serie rapportar lagt fram dokumentasjon som viser dette.
Samtidig er sikker tilgang til nok og trygg mat trua i delar av verda. Folketalet aukar i store delar av verda. I 2050 kan det vere ni milliardar menneske på jorda. Då må det produserast anslagsvis 70 pst. meir mat enn i dag for å avgrense svolt og naud.
Aukande svolt som følgje av matvarekrisa og manglande utvikling av landbruket i u-land har vore tema på fleire internasjonale toppmøte den siste tida.
FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CSD) hadde dette oppe i sin syttande sesjon i mai 2009. FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO), som har ei sentral rolle i det globale arbeidet med å auke produksjonen av mat i verda, drøfta dei same spørsmåla på Mattoppmøtet i FAO i november 2009. Begge desse møta gav klar melding om at det haster med internasjonal og nasjonal innsats og større grad av samarbeid for å få til eit skift i retning av auka landbruksproduksjon på ein klimavenleg måte.
Klimakonvensjonen har som mål å oppnå stabilisering i konsentrasjonen av drivhusgassar i atmosfæren på eit nivå som vil forhindre farleg menneskeskapt påverknad av klimasystemet. I konvensjonen er det nemnt at vi bør nå dette nivået innanfor ei tidsramme som er tilstrekkeleg til at økosystema vil kunne tilpasse seg naturleg til klimaendringar, til å sikre at produksjonen av mat ikkje er trua og til å gjøre det mogleg å oppnå ei bærekraftig økonomisk utvikling.
Skog har lenge vore eit viktig tema i klimaforhandlingane, fordi skogen tek opp og lagrar store mengder CO2. Sikker tilgang til nok og trygg mat har i mindre grad vore eit konkret element i klimaforhandlingane etter at konvensjonen blei etablert, men temaet var oppe på klimatoppmøtet i København i desember 2009. Departementet vil òg framover leggje vekt på arbeidet med jordbruk og klima, mellom anna gjennom aktiv deltaking i Noreg sitt arbeid i dei internasjonale klimaforhandlingane.
OECD legg òg større vekt på global matforsyning og samanhengen mellom klima og produksjon av mat i arbeidet sitt. FAO og OECD har inngått samarbeid om slike spørsmål, og dette var hovudtema på OECD sitt landbruksministermøte i februar 2010. Ministrane var einige om at verdas mattryggleik og framtidige klimautfordringar er dei aller viktigaste oppgåvene i åra som kjem. Jordbruk er ei betydeleg utsleppskjelde og det må arbeidast for å redusere utsleppa. Samtidig er jordbruk ei stor potensiell kjelde til karbonlagring i jord og dermed òg ein del av løysinga.
Noreg har engasjert seg sterkt i spørsmål om jordbruk og klima. Regjeringa har i St.meld. nr. 39 (2008-2009) og i St.meld. nr. 13 (2008-2009) Klima, konflikt og kapital lagt stor vekt på samanhengane mellom klimautfordringane og sikker tilgang til nok og trygg mat. Landbruks- og matdepartementet har delteke i EU-møter og i møte i Verdsbanken for å fortelje om norske synspunkt og norsk innsats på området. Noreg planlegg saman med Nederland, Etiopia og andre utviklingsland, Verdsbanken og FAO ein konferanse i Haag i november 2010 om jordbruk, sikker tilgang til nok og trygg mat og klimautfordringane. Målet er å støtte opp under konkrete tiltak for ein meir klimasmart vekst i produktiviteten i jordbruket, under dette òg samfinansiering mellom offentlege og private aktørar. Noreg har òg som mål å auke bistanden til landbruk i utviklingslanda.
WTO
Parallelt med aukande merksemd om landbruk, klima og mat blir internasjonalt samarbeid om landbruk og handel ført vidare.
Utforming av ny landbruksavtale har vore den mest sentrale delen av forhandlingsrunden i WTO som kom i gang i Doha i 2001. I 2004 blei det vedteke eit rammeverk som la føringar for dei vidare forhandlingane. På ministermøtet i Hong Kong i desember 2005 var det mellom anna semje om å fjerne alle formar for eksportstøtte innan utgangen av 2013 dersom det blir ein avtale.
Ministermøtet sommaren 2008 blei avslutta utan semje om ein ny WTO-avtale. Eit sentralt spørsmål som ikkje blei løyst, var utforminga av ei tryggleiksmekanisme som u-land kan bruke for å hindre uønskt import av landbruksvarer. I desember 2008 blei det lagt fram ein ny forhandlingstekst på landbruk som framleis er grunnlaget for vidare forhandlingar. Det har ikkje vore vesentleg framgang i landbruksforhandlingane etter 2008. Det er mogleg at det kan skje framgang i forhandlingane hausten 2010 og i 2011.
Dei viktigaste forhandlingsområda for landbruket har vore marknadstilgang for landbruksvarer, bruk av nasjonal landbruksstøtte og bruk av eksportsubsidiar. Det skulle vidare bli teke særleg omsyn til u-landa ved utforming av det nye regelverket.
Frå norsk side har det i forhandlingane vore eit mål å sikre at det òg i framtida blir rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som i tillegg til produksjon og handel òg tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald, tilgang til nok og trygg mat og levande bygder.
For marknadstilgang er det særleg viktig å få gjennomslag for å definere eit tilstrekkeleg tal produkt som sensitive. For sensitive produkt skal ein ta ein mindre reduksjon i tollsatsane enn for produkt som ikkje blir definert som sensitive. For den nasjonale støtta til landbruket har ein frå norsk side lagt til grunn at det ikkje skal bli øvre grenser for den samla støtta, men at støtta blir gitt på andre måtar enn i dag. Dette inneber at det kan bli reduksjon i handelsvridande støtte, men inga øvre grense for støtte som ikkje påverkar produksjonen.
Noreg samarbeider i den såkalla G10-gruppa i forhandlingane. I tillegg til Noreg inneheld denne gruppa mellom anna Japan, Sveits, Sør-Korea og Taiwan. For alle desse landa er det avgjerande å sikre gode løysingar på spørsmålet om marknadstilgang.
Frå regjeringa si side legg ein til grunn at ein skal kunne ha ein aktiv jordbruksproduksjon i alle delar av landet. Dette er ei ambisiøs målsetjing som krev gode løysingar for norsk jordbruk i WTO-forhandlingane og vilje til nasjonale tiltak for å styrkje landbruket med basis i ein avtale.
EØS-avtalen og EFTA-samarbeidet
Noreg og EU har sidan 2006 forhandla om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen. Desse forhandlingane blir frå norsk side vurdert i samanheng med WTO-forhandlingane. Til grunn for artikkel 19-forhandlingane ligg at desse skal førast innanfor ramma av den nasjonale landbrukspolitikken og vidare vere til fordel for begge partar. Forhandlingane blei avslutta i januar 2010 med utkast til ein avtale. Denne avtalen blir lagt fram for Stortinget hausten 2010 som eiga sak.
EØS-avtalen omfattar forhold knytt til produksjon av mat, mellom anna dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Krava ved produksjon og omsetning av mat blir i stor grad utforma i samsvar med den internasjonale utviklinga slik dette kjem til uttrykk mellom anna i EØS-avtalen og avtalar knytt til WTO. Dette gjer at sentrale delar av rammevilkåra på mattryggleiksområdet blir fastsette i EU og overtekne av Noreg som følgje av EØS-avtalen. Samtidig sikrar EØS-avtalen norske bedrifter like vilkår som europeiske partnarar og konkurrentar på dette området, noko som opnar for fleire moglegheiter innanfor den europeiske marknaden. Ei aktiv tilnærming på eit tidleg tidspunkt under utforminga av nytt regelverk på mattryggleiksområdet er ein sentral del av den aktive europapolitikken som regjeringa legg opp til i St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken.
Gjennom EFTA-samarbeidet har Noreg inngått ei rekkje frihandelsavtaler. Desse omfattar òg landbruk. Det blir mellom anna forhandla om vilkår for marknadstilgang og nasjonal støtte til landbruket. For Noreg er det viktig at desse avtalene ikkje hindrar vidareføring av ein nasjonal landbrukspolitikk og at auken i handel ikkje erstattar norsk landbruksproduksjon. Noreg forhandlar for tida om frihandelsavtaler mellom anna med store og viktige landbruksland som Kina og India.
Skog
I det internasjonale skogpolitiske samarbeidet arbeider Noreg for eit meir forpliktande samarbeid mellom landa for å ta vare på og betre forvaltninga av skogane i verda.
FN sitt skogpolitiske forum (UNFF) vedtok i 2007 ei internasjonal ikkje-bindande skogavtale og eit arbeidsprogram for den vidare oppfølginga. Noreg vil støtte opp om det som er vedteke i UNFF, men vil òg arbeide vidare for å få meir forpliktande avtaler om skogforvaltning internasjonalt.
Noreg deltek òg aktivt i samarbeidet under Forest Europe, som mellom anna legg til rette for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg har hatt leiarskapet av Forest Europe sidan 2008. Noreg er vertskap for eit sekretariat for prosessen. Sekretariatet er ei sjølvstendig eining, men organisatorisk knytt til Norsk institutt for skog og landskap. Det å ha leiarskapen for prosessen gjer at Noreg ytterlegare kan styrkje si rolle i og innverknad på samarbeidet om skogpolitikk i Europa. I leiarskapsperioden arbeider Noreg for å styrkje den politiske forankringa av dei resultata som er nådd så langt, og deltek aktivt i arbeidet med å finne gode måtar for å handtere problemstillingar knytt til skog og klima og skog og vatn i Europa.
Skog og skogforvaltning er eit sentralt tema i forhandlingane om eit nytt internasjonalt klimaregime. Regjeringa arbeider for at skog skal få ein meir sentral plass i ei ny klimaavtale. Noreg har lansert eit eige klima- og skoginitiativ knytt til redusert avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland. Berekraftig skogforvaltning, med aktivt skogbruk og utnytting av skogen for å auke CO2-opptaket, er òg eit viktig tema internasjonalt. Òg i samband med konvensjonen om biologisk mangfald er skogen viktig. Det er sentralt at Noreg har ei heilskapleg tilnærming til berekraftig skogforvaltning i slike prosessar.
Genetiske ressursar
Departementet følgjer aktivt opp det internasjonale arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar, FN sin konvensjon om biologisk mangfald og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk (ITPGRFA). Departementet støtter arbeidet for å få tilslutning frå OECD-land til å støtte plantetraktatens Benefit Sharing-fond. Det internasjonale fondet er oppretta for å stimulere til å utvikle og ta vare på plantegenetiske ressursar hos den enkelte bonde, særleg i utviklingsland. Dette skal bidra til å auke utviklingslanda sine moglegheiter til å forbetre og nytte kulturplantene i eigen matproduksjon. Det norske bidraget til fondet, som utgjer årleg 0,1 pst. av såvareomsetnaden i Noreg, bidrar mellom anna til å auke ressursar til foredling av matplanter som er tilpassa område som kan bli råka av klimaendringar.
Nordisk samarbeid
Innanfor ramma av dei nordiske statsministrane sitt initiativ om globalisering, og i samsvar med ministerrådet sin berekraftstrategi, har dei nordiske landa arbeidd med eit treårig prosjekt om konsekvensar av klimaendringar for primærnæringane. Prosjektet tek utgangspunkt i nasjonale prioriteringar og nasjonale posisjonar for å styrkje og effektivisere den samla nordiske forskinga på området. Programmet starta i 2009 og skal føre til auka nordisk innsats for forskings- og innovasjonsarbeidet om klima, energi og miljø.
På skog-, energi- og klimaområdet drøfta skogministrane i 2008 berekraftig skogbruk med fokus på vatn og klima. Dei vedtok ei erklæring (Selfoss-erklæringa) om mellom anna å arbeide for auka berekraftig produksjon av biomasse og styrkje utveksling av erfaring om skog og klima i Norden. Oppfølginga av Selfoss-erklæringa skjer både nasjonalt og i regi av ministerrådet og embetsmannskomiteen.
Vidareutvikling av NordGen og av samarbeidet om drifting av frølageret på Svalbard er òg sentrale oppgåver framover. Det blei sett ned ei arbeidsgruppe i 2009 for å greie ut om den framtidige organisasjonsmodellen for NordGen og behovet for auka ressursar til investering og drift. Arbeidsgruppa la fram ein rapport i mai i 2010, som foreslår at NordGen bør halde fram som ein institusjon under Nordisk Ministerråd på vilkår av mellom anna auka løyving frå Nordisk Ministerråd.
Ny Nordisk Mat, eit nordisk samarbeidsprogram, syner gode resultat i dei nordiske landa og vil bli vidareført i eit nytt treårig program, der ein vil leggje stor vekt på kommunikasjon og bygging av nettverk for mellom anna å utveksle kunnskap og erfaring frå dei nasjonale satsingane på mat.
Gjennomføring av politikken
Målet om å fremje mangfald og andre forbrukaromsyn
Departementet har, saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, ansvar for matpolitikken. Det viktigaste matpolitiske målet er å sikre trygg mat. Budsjettframlegget for Mattilsynet og løyvingane til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling med meir er omtalt under kat. 15.10.
I ein situasjon med auka konkurranse frå omverda, vil produksjon av trygge matvarer med høg kvalitet vere ein viktig konkurransefaktor for norsk matproduksjon og næringsmiddelindustri. Departementet er særleg oppteke av å sikre innsatsvarer og primærproduksjonen slik at produkta kan fylle matpolitiske mål når det gjeld helse, miljø og forbrukaromsyn.
Sporing av mat i matkjeda er òg eit viktig tema. Noreg skal vere eit føregangsland innan elektronisk sporing av matvarer, mellom anna for å sikre auka verdiskaping, gi forbrukarane tilgang til meir og betre informasjon og leggje til rette for meir effektiv tilbaketrekking av eventuelle helsefarlege produkt på marknaden. Regjeringa gjennomfører eit samarbeidsprosjekt mellom næring og forvaltning med sikte på å etablere ein nasjonal elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon mellom dei ulike ledda i matkjeda. Sjå òg nærmare omtale under kat. 15.10.
Departementet legg òg vekt på å gi forbrukarane høve til å påverke politikkutforminga direkte. Forbrukarundersøkingar og innhenting av kunnskap om forbrukarhaldningar, mellom anna på nye møteplassar for dialog mellom produsentar, forbrukarar og styresmakter er viktig i dette arbeidet.
Målet om nasjonal matforsyning
Jordbruk
Regjeringa vil medverke til å oppretthalde levedyktige gardsbruk og mangfald i distrikta gjennom ein klarare distrikts- og strukturprofil, og til at heimemarknaden blir dekt med produkt vi har naturleg grunnlag for å produsere i Noreg.
Regjeringa har styrkt grunnlaget for eit aktivt jordbruk over heile landet. Det er særleg gjort ved å forbetre inntektsmoglegheitene vesentleg, spesielt i det grasbaserte husdyrhaldet som dominerer i distrikta. I jordbruksoppgjera er det lagt til rette for ein inntektsvekst frå 2006 til 2011 på over 58 pst. eller 90 000 kroner per årsverk. Anslaget gjeld med grunnlag i prognosar for den økonomiske utviklinga per mai 2010.
Mjølk/storfekjøt og sauehaldet har særleg blitt prioritert. For perioden 2006 til 2011 er det lagt til rette for ein inntektsauke på om lag 115 000 kroner per årsverk i sauehaldet, vel 94 000 kroner for hold av ammekyr og om lag 86 500 kroner for mjølkeku. Eit viktig grunnlag for auka inntektsmoglegheiter i mjølkeproduksjonen er framlegget om overgang til prosenttoll for drikkemjølk og fløyte frå 2011.
Framlegget om løyving til jordbruksavtala for 2011 er om lag 2,3 milliardar kroner høgare enn rekneskap for 2006. Strukturprofilen i tilskotta er auka gjennom driftstilskottet og i tilskott til husdyr. Driftstilskottet til mjølkeproduksjon blei i 2010 også meir målretta geografisk. Saman med ei klar betring av innfrakttilskotta gir det betre vilkår for distriktsjordbruket og for spreidd produksjon i ulik skala.
Kapitaltilgangen er forbetra. Ramma for bygdeutviklingsmidlane er utvida og ramma for lån med rentestøtte blei utvida med 300 mill. kroner i 2009. Det er viktig når mange føretak står overfor store investeringar, spesielt i bygningsmassen.
Det er innført ein ny marknadsordning for storfekjøtt innanfor rammene av WTO-avtalen. Denne gir grunnlag for større fleksibilitet i prisdanninga, samtidig som sentrale landbrukspolitiske omsyn, medrekna samvirkets rolle som marknadsregulator, er ivaretekne.
Miljø- og kulturlandskapsordningane er styrkte, både på nasjonalt og regionalt nivå. Tilskott til dyr på beite er auka med nesten 400 mill. kroner i perioden for å stimulere til auka beiting og opent kulturlandskap. I tillegg til dei generelle landsdekkjande ordningane er dei spissa ordningane på regionalt og kommunalt nivå forbetra og det er etablert eigne tiltak for særleg verdifulle kulturlandskap og forvaltning og skjøtsel i verdsarvområda.
Ein stor del av verkemidla for jordbrukspolitikken blir meisla ut i jordbruksavtalen. Det blei i år inngått avtale berre med Noregs Bondelag, jf. Prop. 133 S (2009-2010). Avtalen fører vidare kursendringa og inntektsløftet i landbrukspolitikken.
Avtalen
aukar inntektene med om lag 5 pst., eller 11 500 kroner per årsverk i 2011 samanlikna med inntekta i 2010, før oppgjeret med grunnlag i dei prognosane for produksjon, kostnader med vidare som gjaldt på det tidspunktet avtalen blei inngått
styrkjer inntektene i mjølkeproduksjonen og grasbasert husdyrhald ved at tilskotta til det grasbaserte husdyrhaldet, gjennom innsparingar og omdisponering, aukar med om lag 490 mill. kroner, innanfor ei auka løyving på 375 mill. kroner
er basert på overgang til prosenttoll for drikkemjølk og fløyte frå 2011
styrkjer innfraktordninga for kjøt ved at løyvinga til ordninga aukar med 60 mill. kroner og ordninga blir ytterlegare målretta
aukar satsane i driftstilskottet til mjølkeproduksjon tilsvarande 140 mill. kroner og blir differensiert i 3 soner: Jæren, øvrige Sør-Noreg og Nord-Noreg, samtidig som satsane i tilskott til husdyr aukar med over 100 mill. kroner for det grasbaserte husdyrhaldet og arealgrensa for høgaste sats i arealtilskott grovfôr blir utvida frå 200 til 250 dekar
aukar samla løyving til miljøtiltak med om lag 150 mill. kroner fordelt på nasjonalt miljøprogram, regionale miljøprogram og miljøverkemidlar over Landbrukets utviklingsfond
aukar tilskottet til avløysing ved ferie og fritid med 5 pst. og hevar maksimalbeløpet per føretak med 3 000 kroner
Økologisk jordbruk – produksjon og forbruk
Økologisk matproduksjon skal vere ein spydspiss i miljørettinga av jordbruket og bidra til å auke mangfaldet i matvaresektoren. Regjeringa har, jf. Soria Moria-erklæringa, som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2020. Om lag 5,6 pst. av det samla jordbruksarealet blei ved utgangen av 2009 drive økologisk. Økologiske produkt utgjer omlag 1 pst. av total omsetning av matvarer. I 2009 flata veksten i marknaden ut og produksjonen blei større enn etterspurnaden. Omleggingstakta auka i 2009 og talet på driftseiningar med godkjend økologisk drift er i underkant av 2 900.
Løyvingane over jordbruksavtalen skal sikre stabilitet for produsentar med økologisk drift, uavhengig av svingingar i marknaden, men samtidig gis det prioritet til prosjekt med marknadsfokus. Auke i økologisk kornproduksjon er ein nøkkelfaktor for å sikre stabilitet i økologisk husdyrproduksjon. Derfor vedtok avtalepartane i jordbruksoppgjeret for 2008 ein kampanje for økologisk korn i 2011 og 2012. Kornkampanjen inneber ein auke i tilskotet til økologisk kornproduksjon, og blir følgd opp med skjerpa kontroll og auka rettleiing. Den samla satsinga på økologisk produksjon over jordbruksavtalen i 2011, jf. St.prp. nr. 133 (2009-2010), er på om lag 185 mill. kroner.
I handlingsplanen Økonomisk, agronomisk – økologisk! er eit grep å stimulere område som kan dokumentere resultat gjennom å prioritere desse ved tildeling av prosjektmidlar. Som ein følgje av dette blei det i 2009 oppretta økologiske føregangsfylke som skal ta eit ansvar for utviklinga innan utvalte innsatsområde. I 2009 har Noregs Forskingsråd gjennomført ei evaluering av kvaliteten og relevansen av den forskinga som blir utførd på området. Evalueringa vil bidra i politikkutforminga på framtidige forskingsprioriteringar.
Innovasjon og konkurransekraft
Noreg er eit land med stor variasjon i geografi, ressursgrunnlag og næringsstruktur. Regjeringa vil føre ein innovasjonspolitikk som støtter opp under skaparkraft i bygdesamfunn i heile landet, jf. St.meld. nr. 7 (2008-2009) Et nyskapande og bærekraftig Norge og St.meld. nr. 25 (2008-2009) Lokal vekstkraft og framtidstru Om distrikts- og regionalpolitikken.
Gode rammevilkår gjennom lovverket, tilgang på risikovillig kapital for å motvirke marknadssvikt i kapitaltilgangen, tilrettelegging for utdanning og rekruttering, støtte til utvikling og formidling av kunnskap og ei moderne landbruksforvaltning er sentralt i dette. Prioriterte område for departementet sin forskings- og innovasjonspolitikk er nærare omtalt i kat. 15.20.
Departementet har gjennom fleire år lagt til rette for mangfaldige næringstiltak med grunnlag i landbrukseigedommane. Det har vore god utvikling innan ny vare- og tenesteproduksjon, matspesialitetar, grønt reiseliv, Inn på tunet og energiproduksjon med vidare. Det er samtidig eit stort uutnytta potensial på mange område. Departementet vil derfor leggje til rette for eit taktskifte når det gjeld etablering av ny næringsverksemd i landbruket.
Bygdeutviklingsmidlane er tradisjonelt det viktigaste økonomiske verkemiddel for næringsutvikling i og i tilknyting til landbruket. Gjennom å auke løyvinga til bedriftsretta bygdeutviklingsmidlar i 2011, har Landbruks- og matdepartementet lagt til rette for dei som er villige til å satse på utvikling av ny næringsverksemd.
Departementet vil føre vidare verkemiddelbruken mellom anna gjennom SIVA og Innovasjon Norge sin inkubatorsatsing, gjennom Verkemiddel for regional innovasjon (VRI), ved å utvikla vidare kommunane og fylkeskommunane si rolle som regionale utviklingsaktørar gjennom lokale og regionale partnarskap. Samspelet mellom næring, forsking og forvaltning skal òg framover bli vektlagt på alle nivå.
Innanfor grønt reiseliv er det viktig å utvikle heilskaplege, landbruksbaserte turistprodukt som gir større lønnsemd, og som kan styrkje lokal og regional verdiskaping og innovasjonsevne gjennom samarbeid og fellestiltak. Utviklingsprogrammet for grønt reiseliv blir ført vidare i 2011. Det ligg store moglegheiter i å kople tradisjonelle opplevingsprodukt som mat og overnatting med lokal kulturhistorie, kulturlandskap, matkultur, jakt og fiske med vidare. Departementet meiner samarbeid mellom landbruk og andre næringar og sektorar vil bidra til å fremje slike moglegheiter og gjere dei synlege. Landbruks- og matdepartementet har mellom anna, i samarbeid med Samferdselsdepartementet, sett i gang ei treårig satsing på utvikling av mat og opplevingar langs dei Nasjonale Turistvegane frå og med 2010.
Utvikling av fisketurismen i innlandet, oppdrett i ferskvatn og næringsfiske gir òg eit stort potensial for verdiskaping. Departementet sin Handlingsplan for innlandsfiske er sentral i dette utviklingsarbeidet. Utviklingsprogrammet for innlandsfisk vil bli vidareført i 2011. Departementet legg og til grunn at det er mogeleg å utvikle fisketurismen i laksevassdrag vidare og vil bidra til å støtte opp under denne næringa.
Erfaring viser at foredling av råvarer frå eigen gard medverkar til auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruket. Samstundes er det mange utfordringar for små næringsmiddelbedrifter. Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon, som er eit viktig verkemiddel for nyskaping og kommersialisering av norske matspesialitetar, styrking av konkurranseevna og betring av lønnsemda for primærprodusentane, går ut 2010. Departementet har, i samarbeid med landbruket sine næringsorganisasjonar og Innovasjon Norge, utarbeida arbeidsgrupperapporten VSP mat etter 2010? – virkemidler til innovasjon, verdiskaping og mangfold på matormådet. Anbefalingane i rapporten ligg til grunn for arbeidet med å etablere eit utviklingsprogram for matspesialitetar frå norsk landbruk. Målet for ei vidareføring av matsatsinga er økt verdiskaping i primærproduksjonen gjennom å medverke til utvikling, produksjon, kommersialisering og sal av norske matspesialitetar.
Utviklingsprogrammet vil bidra til å gjere verkemidla knytt til innovasjon og mangfald på matområdet meir målretta.
Inn på tunet er ei næring i vekst. Om lag 850 gardar tilbyr tenester innanfor helse, omsorg, arbeid og oppvekst. Det er eit mål at desse tenestene blir ein viktig og prioritert del av tenestetilbodet i kommunane. Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet har saman satt i gong arbeidet med ein Nasjonal strategi for Inn på tunet for eit styrka samarbeid mellom fleire departement og sentrale aktørar. Forsking, kvalitetssikring, organisering og nordisk og internasjonalt samarbeid er aktuelle tema. Eit nytt verktøy for kvalitetssikring av Inn på tunet-tenestene blei lansert i 2010 og skal forvaltast av stiftelsen KSL Matmerk.
Departementet ser det som viktig at utbygging av små vasskraftverk gir auka lokal verdiskaping og sysselsetjing innanfor landbruket. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har berekna det teoretiske restpotensialet for utbygging av små kraftverk til å vere 18 TWh. For å auke utbygginga av små vasskraftverk, og for at dette i størst mogleg grad skjer i regi av landbruket, vil departementet gi støtte til prosjekt i regi av aktørane i småkraftnæringa som tek sikte på mobilisering og kompetanseheving i næringa. Under dette kan bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar) i fylka nyttast til utgreiing og forprosjektering av moglege småkrafttiltak.
Regjeringa vil leggje til rette for næringsutvikling i og omkring verna område. Slik næringsutvikling kan bidra til berekraftige lokalsamfunn og lokal verdiskaping. Landbruks- og matdepartementet har eit nært samarbeid med Miljøverndepartementet på dette området og tek del i fleire prosjekt knytt til lokal verdiskaping i eller i tilknyting til verneområde. Regjeringa har bestemt at ansvaret for forvaltning av verneområda kan bli lagt til eit interkommunalt områdestyre dersom eit fleirtal av kommunane ønskjer det. Dette bidrar til auka forståing for og legitimitet til vernet, samtidig som ein betre ser moglegheit for næringsutvikling kring verneområda.
Målet om berekraftig og klimariktig ressursforvaltning
Oppfølging av St.meld. nr. 39 (2008-2009)
St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, som blei lagt fram for og behandla av Stortinget i 2009, gir ein omfattande og grundig gjennomgang av moglege klimatiltak i landbruket.
Det er berekna at landbruket står for om lag 9 pst. av Noregs utslepp av klimagassar, inkludert utslepp av CO2 frå bruk av fossile energikjelder. Utsleppa er i første rekkje knytt til husdyrhald, gjødsling og jordarbeiding. Jordbruket står for om lag 50 pst. av utsleppa av metan og lystgass i Noreg. Med grunnlag i den klimagassrekneskapen som blir ført har jordbruket netto utslepp.
Det har dei siste åra vore eit årleg netto CO2-opptak på 25-32 millionar tonn CO2-ekvivalentar i norske skogar. Dette utgjer om lag halvparten av dei samla, norske klimagassutsleppa (frå alle sektorar) kvart år. Samla sett gir altså landbruket positive klimabidrag.
Departementet er no i ferd med å følgje opp tiltaka for reduksjon av utslepp og auka opptak av CO2. Dette omfattar mellom anna tiltak for reduksjon av klimagassutslepp i jordbruket, der det er kartlagt eit potensial for reduksjonar på minst 1,1 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2020.
Berekningane og vurderingane som er lagt til grunn i St.meld. nr. 39 (2008-2009) får i all hovudsak støtte i rapporten Klimakur 2020 frå Klima- og forureiningsdirektoratet som blei lagt fram i februar 2010. Rapporten har vurdert ambisjonsnivå for tiltak ut over det som er lagt til grunn i St.meld. nr. 39 (2008-2009) og viser mellom anna til større klimaeffekt og betre kostnadseffektivitet av skogtiltaka enn det som kom fram i meldinga.
Biogass er det tiltaket i meldinga det er knytt størst utsleppsreduserande potensial til; reduksjonen i utsleppa er i meldinga vurdert å kunne bli om lag 500 000 tonn CO2. Meldinga tok utgangspunkt i tiltaksanalysen Statens forureiningstilsyn (SFT) utarbeidde i 2007. Biogass kjem ut som eit langt dyrare tiltak i Klimakur 2020 (>1200 kroner /tonn CO2) enn i tiltaksanalysen frå 2007. Det er derfor behov for å komme tilbake til verkemidla for å stimulere til satsing på biogass i ny melding om klimapolitikken i 2011.
Tal frå SSB viser at utsleppa frå landbruket gikk ned med over 7 pst. frå 2008 til 2009. Dette er i all hovudsak reduserte lystgassutslipp frå nitrogengjødsling. Ein mogleg forklaring på denne nedgangen var ein kraftig prisoppgang på mineralgjødsel, noe som førte til lageroppbygging i 2008 og mindre innkjøp i 2009. Utsleppa av N2O blir berekna på grunnlag av sal av mineralgjødsel i det enkelte år. I tillegg kan nye gjødslingsnormer ha gitt reduserte gjødselmengder.
Landbruks- og matdepartementet vil innanfor dei årlege budsjettrammene fortsette arbeidet med å redusere klimagassutslepp frå jordbruket, leggje til rette for auka planting av ny skog etter hogst, vurdere etablering av skog på nye areal, styrkje skogplanteforedlinga, og utvikle tiltaka knytt til bioenergi og auka trebruk. Det kan òg vere aktuelt å prioritere midlar til gjødsling av skog.
I 2009 blei det opna for å gi tilskott til uttak av skogsvirke til bioenergi. Dette vil bidra til å nå målet om auka utbygginga av bioenergi med 14 TWh innan 2020. Departementet ser det òg som viktig at utbygging av små vasskraftverk gir auka lokal verdiskaping og sysselsetjing innanfor landbruket.
Oppføring og drift av bygningar gir om lag 35 pst. av dei globale utsleppa av klimagassar. Eit grep for å redusere utsleppa kan vere å auke bruken av fornybart treråstoff i bygningar. St.meld. nr. 39 (2008-2009) tek opp den positive klimaeffekten ved å bruke tre som bygningsmateriale og viser til at auka trebruk er rekna å ha ein kostnad på 25-50 kroner/tonn CO2, noko som er svært rimeleg samanlikna med andre klimatiltak.
Klimaendringar aukar risikoen for at nye plante- og dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Forventa smittepress må møtast med god beredskap og førebyggjande tiltak. Departementet vil òg prioritere midlar til planteforedling og utvikling av sortar, med sikte på betre klimatilpassing. Det er eit særs langsiktig arbeid å prøve ut eller utvikle nye sortar til bruk i landbruket i Noreg.
Regjeringa meiner Noreg skal vere blant dei leiande landa i arbeidet med kunnskapsproduksjon for eit klimatilpassa landbruk. Departementet legg opp til ein koordinert og målretta FoU-innsats. Departementet vil utvikle det internasjonale forskingssamarbeidet vidare.
Jordvern og kulturlandskap
Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert og viktige element i den nasjonale miljøpolitikken.
Regjeringa har fram til nå arbeida etter eit mål om å halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane innan 2010, jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Dette inneber at den årlege omdisponeringa av dyrka jord ikkje skal vere høgare enn 5 700 dekar innan 2010. Som utgangspunkt for halveringsmålet, har departementet nytta 10-årsperioden 1994-2003, da det årleg blei omdisponert 11 400 dekar dyrka jord. Nye tal frå KOSTRA syner ein tydeleg nedgang samanlikna med denne 10-årsperioden. Talet for 2009 var på 8 300 dekar dyrka jord, medan tala for 2008, 2007 og 2006 etter tur var på 7 900, 8 500 og 7 650 dekar. Tala for totalt dyrka jordbruksareal i landet har samla sett ikkje gått ned i takt med omdisponeringa, blant anna på grunn av nydyrking, men mange av dei aller beste jordbruksareala er omdisponert og erstatta av mellom anna nydyrka areal som i mange tilfelle er meir marginale. Departementet meiner at det er nødvendig med sterkare merksemd kring jordvern både lokalt og sentralt dersom det skal vere mogleg å nå målet på 5 700 dekar. Departementet legg derfor opp til ei meir restriktiv linje i arealdisponeringa. Jordvernmåla vil bli vurderte i samband med arbeidet med ein ny melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken.
Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Det gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme. Landbruket sitt kulturlandskap er dessutan eit viktig leveområde for mange arter av planter og dyr. Det er utfordringar knytt til gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifulle kulturlandskap i mange delar av landet, og variasjonen i landbruket sitt kulturlandskap må oppretthaldast og forvaltast målretta for å bidra til å nå målet om å stanse tapet av biologisk mangfald.
Landbruks- og matdepartementet vidarefører samarbeidet med Miljøverndepartementet om dei no 22 utvalde kulturlandskapa i jordbruket. Forvaltning av desse landskapa er bygd på ein frivillig innsats, og det blir teke vare på store kulturpåverka miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. Det er forventa at kommunane deltek aktivt i forvaltninga av områda og at dei ser områda som viktige bidrag i merkevarebygging og lokal næringsutvikling. Løyvinga på 8 mill. kroner er vidareført i jordbruksavtalen for 2011.
Biologisk mangfald og genetiske ressursar
Landbruket arbeider med grunnlag i naturen si produksjonsevne, og tiltaka i landbruket verkar inn på det biologiske mangfaldet. Det er derfor nødvendig å ha gode kunnskapar om det biologiske mangfaldet, mellom anna når det gjeld påverking, tolegrenser og kunnskap om geografisk utbreiing.
Naturmangfaldlova høyrer inn under Miljøverndepartementet sitt ansvarsområde. Landbruks- og matdepartementet vil prioritere å arbeide saman med Miljøverndepartementet for å finne gode løysingar som varetek både omsynet til biologisk mangfald og berekraftig bruk av ressursane i landbruket.
I 2011 vil departementet føre vidare deltakinga i det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og satsinga på tiltak knytt til miljøplanar for enkeltbruk, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, miljøretta tilskott og anna.
For å halde oppe det biologiske mangfaldet, leggje til rette for sikker tilgang til nok og trygg mat og tryggje livskvaliteten og velferda for framtidige generasjonar, er det ei sentral oppgåve å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av dei. Departementet legg stor vekt på dette. Arbeidet knytt til genetiske ressursar i husdyr, kulturplanter, og skogtre og dei ville slektningane deira dreier seg mellom anna om å ta vare på mangfaldet og ta det i bruk. Kartleggings- og registreringsarbeid retta mot verdifull genetisk variasjon er eit viktig ledd i dette. Genressursar og vidare planteforedling vil òg spele ei sentral rolle i tilpassinga til endra klima, jf. òg St.meld. nr. 39 (2008-2009).
Regjeringa har etablert eit globalt sikringslager for frø på Svalbard. Frølageret er viktig for å sikre det genetiske mangfaldet ved at ei viss mengd frø frå viktige matplanter frå heile verda blir teken vare på for framtidige generasjonar. Noreg eig og driftar lageret, men frøa er eigd av dei landa som har deponert dei. Frølageret blir administrert av Landbruks- og matdepartementet. Den store interessa for sikringslageret frå media i inn- og utland kan bidra til å auke allmenta si forståing for å ta vare på det biologiske mangfaldet og genetiske ressursar, og departementet vil følgje opp dette i 2011.
Forureining frå jordbruket
Verkemidla i nasjonalt og regionalt miljøprogram skal sjå til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgd opp gjennom dei regionale miljøprogramma.
Nye program er laga for perioden 2009 – 2012, mellom anna for å oppnå ytterlegare reduksjonar av erosjon og næringssaltavrenning, jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Det er lagt til rette for å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn òg innanfor landbruket. Alle fylka har laga tiltaksanalysar og elles lagt til rette for å følgje opp rammedirektivet. Det er utarbeida forvaltningsplanar og tiltaksprogram for 29 vatnområder fordelt på 11 vatnregionar og tiltaksgjennomføring startar i 2010. Utarbeiding av forvaltningsplanar og tiltaksprogram for dei andre vatnområda blir sette i gong i 2010-2011. Arbeidet skjer i samarbeid med miljøforvaltninga.
Departementet legg opp til ei vidare satsing for å redusere forureininga frå fosfor, nitrogen og erosjon til vassdrag og kystområde. Departementet vil vurdere å gi fylkesmennene auka heimelsgrunnlag for å setje strengare miljøkrav til jordbruket i nedbørfelt til ureina vassdrag og kystområde, jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007). Departementet har satt i gang ein gjennomgang av regelverket om lagring og bruk av husdyrgjødsel. Målet er å få ein betre utnytting av næringsstoffa slik at utsleppa til vatn og luft blir mindre.
Departementet har sett i gang utviklingsprosjekt for å skaffe fram ny kunnskap for å styrkje gjennomføringa av tiltak på ein kostnadseffektiv måte. Mellom anna har det over ein periode på 3 år blitt gitt 3,5 mill. kroner ekstra midlar til Vestre Vansjø, som kompensasjon til bønder som prøver ut og gjennomfører nye tiltak for å redusere utsleppet av fosfor. Dette har kome i tillegg til dei om lag 6 mill. kroner som fylkesmennene i Østfold og Akershus kvart år nyttar til tiltak i Vansjøvassdraget over dei regionale miljøprogramma. 2010 er det siste året i prosjektet.
Bruken av kjemiske plantevernmiddel er låg i Noreg samanlikna med mange andre land, særleg på grunn av vår gode plantehelsesituasjon. Det har i ei årrekkje blitt arbeidd målretta for å redusere miljø- og helserisiko ved bruk av plantevernmiddel. Arbeidet har gitt gode resultat og er vidareført i ein ny handlingsplan for perioden 2010-2014. I denne handlingsplanen blir det lagt sterkare vekt på kunnskap og haldningar hos produsentane, særleg om integrert plantevern der ein kombinerer ulike tiltak for å redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel.
Kart og geodata
Landbrukssektoren tek del i det nasjonale samarbeidet om produksjon og forvaltning av digitale kart i Norge Digitalt og Geovekst. Dette gir samfunnet god tilgang til kart om landbruket og landbruksforvaltninga kan nytte andre sine data. Geovekst gir landbruket rettar til dei detaljerte grunnkarta og flybileta, og desse kan brukast for alle formål der ein har behov.
Målet om berekraftig skogbruk
Skogsektoren i Noreg omfattar skogbruk i alle delar av landet, større og mindre treindustri i dei fleste kommunane i landet og enkelte større, internasjonalt orienterte bedrifter som leverer system for bygg, produserer papir med vidare. Førstehandsverdien av det tømmeret som blir hogd og omsett ligg årleg omkring 3 mrd. kroner, noko som gir monalege ringverknader. Den samla produksjonsverdien frå skogsektoren var i 2008 på rundt 48 mrd. kroner. Det er eit mål å auke verdiskapinga i alle delane av verdikjeda; frå skogbruksverksemda via transport og fram til foredling av trevirket til papir, brensle eller konstruksjonsvirke og anna.
Handel med tømmer og treprodukt skjer stort sett i ein open verdsmarknad, i hovudsak utan skrankar for handel. Mange av bedriftene har internasjonale kontaktflater og blir påverka av endringane i råvare- og produktprisane, marknadsforholda, valuta- og rentenivå, tilgang til investeringskapital, sysselsetjing med vidare.
Skogen er eit viktig grunnlag for busetjing og sysselsetjing i distrikta. Auka hogst på kort sikt kan forsterke opptaket av CO2 i skogen, føre til varig lagring av karbon i treprodukt og bygg og auke tilbodet av bioenergi som kan fortrengje fossile energikjelder. Skogen si viktige rolle i klimasamanheng er stadfesta i dei internasjonale klimaforhandlingane og den nasjonale klimapolitikken, jf. St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) er skogens rolle i klimasamanheng grundig drøfta, sjå omtale tidlegare i kategorien.
Sett i lys av at dei norske skogane er rikare på virke enn nokon gong tidlegare i moderne tid, er det sentralt å få til ei god, langsiktig ressursforvaltning, der råstoff frå skogen gir klima- og energigevinstar. Den årlege tilveksten i dei norske skogane ligg mellom 25 og 30 millionar kubikkmeter, medan hogsten normalt har vore rundt 8-11 millionar kubikkmeter. På landsbasis er det mogleg å auke den årlege avverkinga frå dagens nivå til om lag 15 millionar kubikkmeter innanfor miljømessig forsvarlege rammer, om marknaden etterspør så store kvanta. Det er store regionale skilnader når det gjeld potensialet for avverking. Auka avverking krev meir hogst av lauvtre og furu i område med lågare økonomisk avkastingsevne, og mykje av den skogen som kan avverkast i dei nærmaste 40-50 åra ligg i område med manglande vegdekning og vanskelege driftsforhold, som til dømes i kyststrøka. Eit lønnsamt skogbruk og satsing på bioenergi er avhengig av ein god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr.
Skogbruket i ulike delar av landet har både felles og særskilte utfordringar. Eit fellestrekk er at rekruttering av arbeidskraft, marknadsforhold og miljøspørsmål gir utfordringar for skogbruksnæringa. Det står etter kvart mykje skog i kyststrøka som snart kan haustast, men skogbruksverksemda i desse områda er enno svært småskala. Det er ei stor oppgåve å få til vekst og utvikling av skogsektoren i desse områda. Tilgang til areala og skogressursane er ei særleg utfordring som krev løysingar der både næringa og det offentlege tek ansvar. Det er dette som ligg til grunn for at kystskogbruket blir prioritert i forvaltninga av verkemidla i skogpolitikken.
Regjeringa legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål og den offensive skogpolitikken som blei gjeninnført frå 2007. Dei viktigaste verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tiltak for auka bruk av tre og auka produksjon og bruk av bioenergi.
Det er viktig med ei brei tilnærming og godt samarbeid mellom aktørane knytt til skogsektoren sentralt, regionalt og lokalt. Departementet ser positivt på dei ulike regionale prosessane der skogbruket, industrien og regionale og lokale styresmakter blir bunde saman i felles satsingar på skogbruk, bioenergi og trebruk.
Etter at den nye skogbrukslova blei vedteke i 2005, blei det i 2006 innført ei ny forskrift om berekraftig skogbruk. Skogeigaren skal etter denne forskrifta sørgje for tilfredsstillande forynging innan 3 år etter hogst og sjå til at det er samsvar mellom hogstform og foryngingsmetode. Skogeigaren utløyser sin eigen foryngingsplikt gjennom avgjerda om å hogge. Foryngelsesfeltkontrollen har i fleire år vist at om lag 40 pst. av skogarealet har foryngingsfelt med underoptimal tettleik. Skogfondsregnskapet til fleire skogeigedommar, viser også misforhold mellom nivået på hogst og etterfølgjande planteaktivitet. Av omsyn til framtidig ressurstilgang og klimaverknadene av et berekraftig skogbruk kan dette ikkje halde frem, og departementet har gjennom brev til fylka i 2010 bedt om at kontrollen blir intensivert.
Skogen er leveområde for mange arter, rik på kulturminne og viktig for friluftsliv og folkehelse. Friluftsliv og opplevingsturisme i skog og utmark har eit uutnytta potensial for ny næringsverksemd rundt om i landet. Det er viktig med god kunnskap og ei planmessig tilnærming for å ta vare på miljøverdiane når det blir drive skogbruk.
Departementet vil føre vidare satsinga på prosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet) og innsatsen knytt til skogbruksplanlegging. Det er ein føresetnad at forvaltninga av skogressursane skjer etter prinsippa om berekraftig skogbruk. Dette er sentralt i skogbrukslova frå 2005 og i forskrifta om berekraftig skogbruk frå 2006, som utfyller og presiserer lova når det gjeld miljøomsyn, forynging og skogskadar. Arbeidet i Levende Skog har hatt stor verdi for utviklinga av miljøomsyn i skogbruket. Partane fann i sommar ikkje løysing på nokre sentrale spørsmål, og det er eit mål å få prosessen tilbake i eit godt spor. Det er viktig for departementet å støtte opp under arbeid som kan bidra til eit vidare samarbeid mellom partane. Dersom partane ikkje blir samde om ein Levende Skog-standard er norsk skogbruk framleis sertifisert etter miljøstandarden ISO 14001 og dei krav til skogbehandling som er nedfelte i Levende Skog sin standard frå 2006. Skogsektoren vil vidareføre dette, og saman med berekraftforskrifta vil dette sikre at skogbruket driv berekraftig og tek miljøomsyn uhindra av usemja i Levende Skog. I ein slik situasjon vil departementet sjå nærmare på mellom anna kontrollinnsatsen knytt til berekraftforskrifta og vurdere behovet for å auke denne. Departementet legg til grunn at auka uttak av råstoff til bioenergi frå skog følgjer dei same prinsippa for berekraft som for anna avverking. Departementet har òg bedt Noregs forskingsråd om å auke innsatsen for å skaffe ny kunnskap på dette området.
Regjeringa meiner auka innsats i skogplanteforedling er ei investering for framtida og vil forsterke innsatsen på dette feltet. Forsøk viser at planter frå frøplantasjar gir 10 pst. høgare produksjon enn frø frå naturlege bestand. Auka innsats i planteforedling kan auke produksjonsgevinsten opp mot 25 pst. Planteforedling er eit langsiktig arbeid, og føresetnaden for eit godt resultat er gode kunnskaps- og forskingsmiljø. Departementet vil vurdere å støtte utvikling av eit felles nordisk foredlingsprogram for gran. Planteforedling er òg nødvendig med sikte på framtidig klimatilpassing og auka opptak av CO2. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, er det vist til at auka innsats i skogplanteforedling kan auke det årlege CO2-opptaket med 1,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar i løpet av 50 til 100 år.
Kva rolle skogbruket kan spele for klimaet har vore debattert etter at resultata frå Klimakur 2020 blei lagt fram. Som St.meld. nr. 39 (2008-2009) og Klimakur 2020 viser blir det ikkje nokon nemneverdig klimagevinst på kort sikt ved å bytte ut fossilt karbon med biomassekarbon frå skogen, men i eit lengre tidsperspektiv blir klimagevinsten monaleg etter kvart som ny skog vinn attende det karbonet som blei frigjort ved hogst og forbrenning. Skogen er såleis ein fornybar ressurs som i stort monn kan bidra med berekraftig energi og råstoff til bygningsmateriale om den blir utnytta godt og i rett tidsperspektiv.
Det er framleis nødvendig å ha eit høgt ambisjonsnivå når det gjeld forsking, innovasjon og utvikling i skogsektoren. I dag betaler skogeigarane ei krone i avgift per kubikkmeter tømmer som blir hogd. Denne avgifta er heimla i skogbrukslova.
Målet om eit aktivt landbruk
Eigedoms- og busetjingspolitikk
Regjeringa har som mål at heile landet skal takast i bruk for å auke verdiskapinga og styrkje lokalsamfunna. Eigedoms- og busetjingspolitikken spelar ei viktig rolle for å nå dette målet. Det er derfor viktig at verkemidla legg til rette for at menneskelege, økonomiske og arealmessige ressursar kan nyttast på best mogleg måte. Eigedoms- og busetjingspolitikken skal støtte opp om det tradisjonelle familielandbruket med garden som senter for busetjing og næringsverksemd. Samtidig må politikken òg leggje til rette for at dei som manglar areal eller har ønskje om å drive nye næringar får sleppe til.
Eit sentralt verkemiddel på dette politikkområdet er lovgjevinga. Kommunane har gjennom forvaltaransvaret sitt ei sentral rolle i gjennomføringa av eigedoms- og busetjingspolitikken ut frå gjeldande lovverk. I 2009 budde 9 pst. av befolkninga på ein landbrukseigedom. I område med spreidd busetjing og i småsenterregionar betyr busetnaden på landbrukseigedommar mykje. Her er det høvesvis 28,5 pst. og 22,4 pst. av befolkninga som bur på slike eigedommar, medan tilsvarande tal for storbyregionar er 4,3 pst.
Det er registrert om lag 34 500 landbrukseigedommar med bustadhus utan fast busetjing. Dette viser at det er knytt eit monaleg busetjingspotensial til landbrukseigedommane. Departementet har derfor sett i verk ei utgreiing med sikte på auka aktivitet og utnytting av potensialet i landbrukseigedommar utan busetting. Det er viktig å leggje til rette for at dette potensialet kan nyttast best mogleg, òg på eigedommar der jordbruks- eller skogsdrifta ikkje kastar nemnande av seg. Ved at eigedommane blir brukte til bustader, blir viktige fellesskapsverdiar sikra i sårbare lokalsamfunn. Fleire regionar og kommunar har sett i gang målretta prosjektarbeid for å få fleire slike gardsbruk til sals med sikte på å styrke busetjinga. Regjeringa har gjennom tilskott og regeljusteringar slutta opp om dette arbeidet.
Landbruks- og matdepartementet arbeidar kontinuerleg med endringar, forenkling og oppdateringar i juridiske og økonomiske verkemiddel for å gjennomføre regjeringa sin landbruks- og matpolitikk.
1. juli 2009 blei det fastsett ei rekkje endringar i eigedomslovene i landbruket med odelslova, konsesjonslova og jordlova som dei viktigaste. Endringane gjer reglane enklare og meir målretta og legg til rette for auka aktivitet som grunnlag for busetjing i distrikta.
Vinteren 2010 blei reglane om priskontroll ved sal av landbrukseigedommar endra slik at det no kan aksepterast ein høgare pris på gardsbruk med bustadhus enn tidlegare. Summen som seljaren kan leggje til for buverdi blei sett opp frå 500.000 kroner til 1,5 mill. kroner. Samtidig blei den nedre grensa for når eit sal kjem under reglane for priskontroll heva frå 750.000 kroner til 1,5 mill. kroner. Dette kan leggje til rette for at fleire gardsbruk kjem på sal og igjen får fast busetnad.
I tillegg har departementet understreka at omsynet til busetjinga skal tilleggjast større vekt ved søknader om deling av landbrukseigedommar og at økt harmonisering mellom eigedomsstrukturen og bruksstrukturen er ein samfunnsinteresse av stor vekt som kan gi grunnlag for deling.
Departementet arbeider med revisjon av jordskiftelova. Eit forslag til ny lov har vore på høyring. Ved sida av å forenkle lova, står arbeidet med å oppdatere lova til den bruken av fast eigedom som er i dag og tilpassing av jordskifterettane si verksemd til dette sentralt i departementet sitt arbeid med ein lovproposisjon.
Opplæring, rekruttering og likestilling i landbruket
Utdanning/kompetanse
Landbruks- og matsektoren sitt arbeid for å sikre god og rett kompetanse i landbruket er sentral for å sikre aktivt landbruk, verdiskaping og busetting i heile landet. Landbruket er ei mangesidig og kompleks næring, og krava frå marknad og styresmakter til økonomisk og effektiv drift, trygg mat, dyrevelferd og miljø er omfattande. Mange næringsdrivande i sektoren har i tillegg arbeid utanom garden.
Kunnskapssamfunnet fører til større krav til kompetanse i landbruket, som elles i samfunnet. Sektoren må sikrast kompetent arbeidskraft gjennom medviten satsing på utdanning som er relevant. Ulike vegar til natur- og landbrukskompetanse må sikrast for ungdom og vaksne som ønskjer å gå inn i ein aktiv landbruksproduksjon og i dei naturbaserte tilleggsnæringane som har vore i vekst lenge.
Utdanningsprogram for naturbruk på vidaregåande nivå må tilby ei god grunnutdanning. Dette er viktig både for ungdom som ønskjer og har moglegheit til å gå direkte inn i næringa, og for ungdom som vurderer å ta over garden på lengre sikt, når det er aktuelt med generasjonsskifte.
Dei som driv aktivt i næringa har bruk for eit tilbod om kontinuerleg kompetanseheving for å kunne vidareutvikle bedrifta og møte nye krav. Etter- og vidareutdanning i landbruket er i tillegg viktig ettersom mange tek over gardsdrifta i vaksen alder, og då ofte med utdanning og arbeidserfaring frå andre sektorar.
Det er behov for å auke rekrutteringa til mange yrke innanfor landbruks- og matsektoren. For å sikre god kompetanse i næringa er det viktig å styrkje arbeid med rekruttering til utdanning innanfor landbruk på alle nivå. Rekruttering til «grøne» utdanningar er ei felles utfordring for sektoren som krev ein samla innsats. Næring, myndigheiter og utdanningsinstitusjonar vil gjennom eit treårig prosjekt arbeide for å styrkje rekruttering til utdanningane.
Frå og med 2010 fekk fylkeskommunane ei forsterka rolle for arbeid med rekruttering, likestilling og kompetanseheving på landbruksområdet. Dette arbeidet må og sjåast i samanheng med behova utover eige fylke der det er naudsynt. Fylkeskommunane har ansvar for ei tilskottsordning på til saman 20 mill. kroner. Ansvaret skal sjåast i samband med fylkeskommunane si eksisterande rolle som utdannings- og regionalpolitisk aktør og den auka innverknaden fylkeskommunen elles får på landbruksområdet gjennom forvaltningsreforma.
Departementet vil støtte opp om gode døme på tiltak som kan bidra til betre rekruttering til næringa. Skognæringa har saman med utdanningsinstitusjonane teke tak i utfordringane, blant anna gjennom etablering av ei trainee-ordning for skogbruksstudentane, samt ei tiltakspakke der stipend og økt faglig støtte skal bidra til å auke rekrutteringa til fagområdet. Innanfor matindustrien støtter departementet eit kompetanseprosjekt som NHO Mat og Bio, NHO mat og drikke, Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund og Landbrukets Arbeidsgiverforening har teke initiativ til. Prosjektet skal styrkje rekrutteringa til matvareindustrien, og sikre ei mest mogleg effektiv og robust satsing på kompetansetiltak på alle nivå i bedriftene i matvareindustrien.
Likestilling
Strategi for likestilling i landbruket kom i 2007 og omfattar heile landbrukssektoren. Strategien har eit mål om 40 pst. kvinneleg representasjon i eigarskap, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren.
Kvinner eig i dag om lag 25 pst. av alle landbrukseigedommar. Delen kvinnelege, personlege gardbrukarar i 2009 var 14,3 pst. Tala har dei siste åra vore nokolunde stabile.
Om lag kvar tredje skogeigedom blir drive i kombinasjon med jordbruk. Kvar fjerde skogeigar er kvinne, og av skogeigarane med positiv næringsinntekt frå skogbruket er om lag 15-16 pst. kvinner.
Av Innovasjon Norge sine midlar til bygdeutvikling gjekk om lag 42 pst. av tilskotta og 41 pst. av låna med rentestønad til kvinner i 2009, medan tala var 29 pst. og 22 pst. i 2005.
Tabellen nedanfor viser også fordelinga av fylkesvise bygdeutviklingsmidlar og tiltak fordelt på ulike formål, og kor stor andel av tiltaka som er gjennomførte av kvinner.
Tabell 2.5 Fylkesvise BU-midlar ekskl. rentestøtte. Fordeling av tildelte tilskott på ulike formål og andel til kvinner, 2009.
Ordning | Tildelt i mill. kroner | Kvinnedel av midlane i % | Tal på tiltak | Kvinnedel i % av tiltak1 | |
---|---|---|---|---|---|
Midlar til utvikling og tilrettelegging | 82,5 | 5,2 | 789 | 5,8 | |
Investeringar, tradisjonelt landbruk | 326,1 | 37,6 | 1 001 | 34,7 | |
Investeringar, nye næringar | 105,5 | 55,7 | 582 | 58,8 | |
Av dette: | |||||
Etablerarstipend | 19,5 | 75,8 | 169 | 72,7 | |
Bedriftsutvikling | 10,8 | 44,3 | 105 | 50,4 | |
Forsøksregionane i Oppland | 18,8 | 8,6 | 97 | 11,3 |
1 Tiltak kjem i denne kategorien dersom minst eitt av desse kriteria er oppfylt: Kvinner som startar eiga verksemd, tiltaket er spesielt retta mot å auke kompetansen til kvinner tilsett i føretaket, kvinner utgjer meir enn 30 pst. av styremedlemma eller leiinga i ein bedrift, eller tiltaket medverkar til å auke talet på kvinnelege eigarar, styremedlem, leiarar eller er spesielt retta mot å auke talet på sysselsette kvinner.
Handlingsplan for mer entreprenørskap blant kvinner frå 2008 er ei felles satsing frå sju departement. Målet for planen er at vesentleg fleire kvinner skal bli entreprenørar og at delen kvinner skal vere 40 pst. innan 2013. Departementet har bedt Innovasjon Norge om å bidra til å nå dette målet.
Departementet har bedt Innovasjon Norge om å prioritere kvinner som målgruppe generelt og å arbeide for ein vesentleg auke i delen som går til kvinner innanfor aktuelle program og tenester. Innovasjon Norge er òg bedt om å arbeide for ein auka del kvinner i styrer og leiing for verksemder som tek imot støtte.
Tiltak retta mot barn og unge
Det er viktig å gi barn og unge forståing for at langsiktig forvaltning av ressursane er ei kjelde til inntekt og velferd. Det er derfor viktig å ha ein politikk som òg vender seg aktivt mot barn og unge. Ein slik politikk skal vere med å leggje til rette for utviklingsmoglegheiter og positive opplevingar knytt til natur og landbruk, samt gi kunnskap om og innsikt i landbruket.
Landbruks- og matdepartementet vil òg framover gi støtte til ein del barne- og ungdomsorganisasjonar. Departementet løyver kvart år midlar til organisasjonar som arbeider for å fremje positive haldningar og forståing for grøne verdiar hos barn og unge, jf. kap. 1138 post 70 som mellom anna prosjekta Ungt entreprenørskap og Smakens uke, som har barn og unge som ei viktig målgruppe.
Når det gjeld økonomiske verkemiddel, er bygdeutviklingsmidla mellom anna innretta mot investeringar i samband med generasjonsskifte. I tillegg er ungdom, ved sida av kvinner, særleg prioriterte gjennom delar av regelverket. Dette inneber at BU-midla generelt har ei god innretning mot ungdom. Det er òg viktig for rekruttering til næringa at det er god tilgang på investeringsmidlar generelt. I 2009 blei det tilført ekstraordinære investeringsmidlar, i tillegg til at ramma for lån med rentestøtte blei auka. Vidare blir ungdom prioritert ved tildeling av nyetableringskvote for mjølk.
Skogen er ein verdifull arena for prosjekt retta mot barn og unge. Skogbrukets kursinstitutt (SKI) og Det norske Skogselskap har stor aktivitet og kompetanse innan dette feltet. Departementet gir mellom anna tilskott til miljølæreprosjektet Lære med skogen, som er tilrettelagt frå barnehage- til høgskolenivå. Statskog SF gjennomfører òg fleire aktivitetar for å stimulere til eit aktivt friluftsliv for barn og unge. Statskog SF og Det norske Skogselskap samarbeider mellom anna om skoleskogdagar i Trondheim og Oslo. Statskog SF, Norges jeger- og fiskerforbund med fleire samarbeider i eit eige prosjekt om å fremje entusiasme for fiske, mellom anna gjennom utdeling av fiskestenger til barn og unge. Vidare har departementet si tresatsing bidrege til å finansiere prosjekt for å skape auka engasjement om trebruk hos barn og unge. Det er ønskjeleg med meir samarbeid mellom ulike aktørar innan skog, tre og utmark når det gjeld aktivitet retta mot barn og unge.
Målet om ei livskraftig reindriftsnæring
Dei to sentrale verkemidla for å nå dei reindriftspolitiske måla er reindriftslova og reindriftsavtalen.
Etter at den nye reindriftslova tok til å gjelde frå 1. juli 2007 har reindrifta fått eit større ansvar for berekraftig ressursforvaltning av reinbeiteområda. Etter ein intensiv periode med informasjon, rettleiing og opplæring i ny reindriftslov er arbeidet over i ein fase med tett oppfølging av distrikta sitt arbeid med bruksreglar. Godkjente bruksreglar vil utgjere fundamentet i ressursforvaltninga framover og være ein føresetnad for at ei rekkje av lova sine reglar skal kunne nyttast. For ein god del av dei distrikta som har levert bruksreglar, har det vist seg nødvendig å be om korrigeringar og endringar før bruksreglane blir behandla av områdestyra og Reindriftsstyret. Dersom distrikta ikkje er villige til, innanfor fastsette fristar, å utarbeide bruksreglar, vil områdestyret gjere dette. I denne samanhengen viser departementet til at reindriftstyresmaktene har fått utvida fullmakt til å følgje opp i dei tilfella det interne sjølvstyret ikkje fungerer, og der omsynet til ressursgrunnlaget eller andre samfunnsinteresser gjer det nødvendig. Departementet ser dette som dei mest sentrale oppgåvene for reindriftsforvaltninga framover.
Det viktigaste målet i reindriftsavtalen er å stimulere næringa til å auke slakteuttaket og verdiskapinga. Gjennom Reindriftsavtalen 2010/2011 blir tiltaka som siktar mot ein meir optimal produksjon og ei betre tilpassing av talet på rein i forhold til ressursgrunnlaget forsterka. Eit viktig tiltak er at tilskottet til slakting av reinkalv blir auka vesentleg. For å bidra til målretta arbeid med likestilling i reindrifta aukast ektefelletilskottet. Marknadssituasjonen for reinkjøt har blitt vanskeleg det siste året. Avtalen legg derfor stor vekt på tiltak som kan bidra til å betre gjennomføringa av slaktinga og til auka sal. Samla sett stadfestar Reindriftsavtalen 2010/2011 den dreiinga ein har hatt i dei siste åra, og som inneber eit sterkare næringsmessig fokus og ei tilrettelegging for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudnæring.
Departementet vil òg framover prioritere arbeidet med betre sikring av beiteareal for reindrift og forsvarleg forvaltning av beiteressursane. Ny plan- og bygningslov er den sentrale lova i høve til arealforvaltning. Ny lov gir nye sjansar til ein meir heilskapeleg forvaltning av det enkelte reinbeitedistrikt sine areal. For å leggje til rette for ei betre sikring av reindrifta sine areal, vil det vere sentralt at fylkeskommunar og kommunar innanfor dei samiske reinbeiteområda følgjer opp nasjonale føringar og tek dei nye verkemidla i bruk.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
70 | Støtte til organisasjonar, kan overførast | 20 513 | 20 447 | 20 447 |
71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast | 6 494 | 7 873 | 16 873 |
Sum kap. 1138 | 27 007 | 28 320 | 37 320 |
Post 70 Støtte til organisasjonar
Formål med løyvinga
Formålet med ordninga er å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Støtta blir gitt til landsdekkjande organisasjonar som:
fremjar miljøarbeid, næringsutvikling og forbrukarinteresser innan jord- og skogbrukssektoren
fremjar positive haldningar til og forståing for grøne verdiar hos barn og ungdom og i samfunnet generelt
arbeider med likestillingsspørsmål innan jord- og skogbruk
arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde
Storleiken på driftstilskotta blir fastsett ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå, den finansielle situasjonen deira og anna finansiering organisasjonane mottek.
Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formal- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar og rekneskap stadfesta av registrert revisor, samt eventuelle andre vilkår lagt til grunn i tilskottsbrev til den enkelte organisasjon.
Resultatrapport 2009
Landbruks- og matdepartementet fordeler det meste av løyvinga til organisasjonane direkte i departementet sin Prop. 1 S. For 2009 blei det fordelt 20,5 mill. kroner til 20 organisasjonar, jf. tabell 2.6.
Tabell 2.6 Oversikt over støtte til organisasjonar gitt i 2009.
(i kroner) | |
---|---|
Organisasjon | Støtte 2009 |
Det kgl. selskap for Norges Vel | 2 100 000 |
4H Norge | 6 800 000 |
Norsk Landbruksmuseum | 3 600 000 |
OIKOS – økologisk landslag | 2 900 000 |
Biologisk-dynamisk Forening | 175 000 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 250 000 |
Norsk Villsaulag BA | 20 000 |
Norsk Kulturarv | 350 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 150 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 150 000 |
Natur og Ungdom | 150 000 |
Norges sopp- og nyttevekstforbund | 40 000 |
Dyrevernalliansen | 200 000 |
Dyrevern ung | 100 000 |
Norges birøkterlag | 90 000 |
Food First Information and Action Network | 90 000 |
Det Norske Hageselskapet | 1 100 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 050 000 |
Jenter i skogbruket | 150 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 000 000 |
Sum | 20 465 000 |
Budsjettframlegg 2011
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 20,5 mill. kroner fordelt på 20 organisasjonar, jf. tabell 2.7. Landsdekkjande organisasjonar, og organisasjonar som arbeider med barn og unge og med departementet si kjerneverksemd, har blitt prioriterte i framlegget.
Tabell 2.7 Oversikt over støtte i 2010 og budsjettframlegg for 2011.
(i kroner) | ||
---|---|---|
Organisasjon | Støtte 2010 | Forslag 2011 |
Det kgl. selskap for Norges Vel | 2 100 000 | 2 100 000 |
4H Norge | 6 800 000 | 6 800 000 |
Norsk Landbruksmuseum | 3 600 000 | 3 250 000 |
OIKOS – økologisk landslag | 2 900 000 | 2 900 000 |
Biologisk-dynamisk Forening | 175 000 | 175 000 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 250 000 | 250 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 150 000 | 150 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 150 000 | 150 000 |
Norsk Kulturarv | 350 000 | 350 000 |
Natur og Ungdom | 150 000 | 150 000 |
Dyrevern Ung | 100 000 | 100 000 |
Dyrevernalliansen | 200 000 | 200 000 |
Norges Birøkterlag | 90 000 | 100 000 |
Hageselskapet | 1 100 000 | 1 100 000 |
Jenter i skogbruket | 150 000 | 172 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 050 000 | 1 050 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 900 000 | 900 000 |
Norsk seterkultur | 232 000 | 250 000 |
Dyrebeskyttelsen Norge | 0 | 200 000 |
Hest og Helse | 0 | 100 000 |
Sum | 20 447 000 | 20 447 000 |
Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar
Posten omfattar midlar som skal dekkje Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar, tilskott til organisasjonar, kostnader knytt til rapportering og anna. Departementet vil leggje opp til å nytte kompetanse og personar ved norske institusjonar i det internasjonale skogpolitiske arbeidet.
Formål med løyvinga
Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skogane i verda. FN sitt skogforum er ein viktig arena for dette globalt, medan Forest Europe er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. Noreg har teke del i koordineringa og leiinga av Forest Europe sidan 1998 og støttar finansieringa gjennom ein årleg kontingent. Noreg overtok leiinga av den europeiske prosessen etter den førre ministerkonferansen om skog i Europa som blei arrangert i Warszawa i november 2007 i samarbeid mellom Polen og Noreg. Som leiar for Forest Europe held Noreg eit sekretariat for prosessen fram til ein ministerkonferanse i Noreg i 2011. Dette sekretariatet er organisatorisk knytt til Norsk institutt for skog og landskap på Ås, som får midlar over denne posten til drift av sekretariatet. Forest Europe samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står framfor. Forest Europe legg òg til rette for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg sin posisjon gir større moglegheiter for å påverke det europeiske skogpolitiske arbeidet dei kommande åra. Noreg vil i leiarskapsperioden sin arbeide for å styrkje Forest Europe som politisk prosess.
Resultatrapport 2009
Over posten blei det løyvd midlar til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Løyvinga blei i hovudsak nytta til arbeid innan Forest Europe. Noreg støttar finansieringa av prosessen gjennom ein årleg kontingent. I 2009 var denne på 60 pst. av det samla budsjettet for sekretariatet. Departementet har òg løyvd midlar til ei uavhengig vurdering av resultat og måloppnåing i det skogpolitiske samarbeidet i Europa. Vurderinga blei lagt fram for landa som deltek i Forest Europe-samarbeidet hausten 2009. Løyvinga blei òg nytta til å støtte Noreg sin medverknad i United Nations Economic Commission for Europe (UNECE). UNECE har ein tømmerkomité som legg til rette informasjon og statistikk om blant anna skogressursane og marknadsforhold for skogprodukt. Departementet gav tilskott til norske institusjonar og organisasjonar som tek del i dette arbeidet.
Budsjettframlegg 2011
Departementet gjer framlegg om 16,9 mill. kroner til internasjonalt skogpolitisk samarbeid og anna. Posten er føreslått styrkt med 9 mill. kroner samanlikna med 2010, for å gi rom for finansiering av ein planlagt konferanse i Noreg for dei europeiske skogministarane i juni 2011. Posten må sjåast i samanheng med kap. 4138 post 01 Refusjonar m.m.
Løyvinga vil i hovudsak bli nytta til arbeidet i Forest Europe.
I tråd med innarbeidd praksis skal budsjettet som sekretariatet treng for å drifte prosessen finansierast av ei gruppe land som inngår i koordineringsgruppa for Forest Europe. Som leiar vil Noreg sin obligatoriske kontingent vere om lag 60 pst. av det samla budsjettet i 2011. Dei andre landa i koordineringsgruppa er Polen, Spania, Slovakia og Tyskland, som vil finansiere dei resterande 40 pst.
I lys av Noreg si leiarrolle i Forest Europe, ser departementet det som viktig å medverke til prosjekt, møter og anna som følgjer av denne prosessen. Noreg vil i 2011 mellom anna støtte arbeidet med å vurdere moglegheitene for eit meir forpliktande skogpolitisk samarbeid i Europa.
Noreg vil saman med Spania ha eit hovudansvar knytt til gjennomføringa og finansieringa av ein ministerkonferanse om skog i Europa i Oslo i 2011.
FN har vedteke at 2011 skal vere det internasjonale skogåret. Ministerkonferansen vil vere Noregs hovudmarkering av dette. I tillegg deltek Noreg i ei rekkje andre fora for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål. Løyvinga vil derfor òg bli nytta til Noreg sin medverknad på nokre av desse områda. Med sikte på å nytte kompetanse og kunnskap i Noreg på ein effektiv måte i internasjonalt samarbeid, er det aktuelt å bruke løyvinga til oppdrag og anna til norske institusjonar og organisasjonar.
Kap. 4138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Refusjonar m.m. | 2 451 | 2 478 | 7 194 |
Sum kap. 4138 | 2 451 | 2 478 | 7 194 |
Post 01 Refusjonar m.m.
Posten blir nytta til å budsjettere overføringane frå dei europeiske landa som deltek i koordineringsgruppa for Forest Europe. Dei forventa bidraga blir budsjetterte som inntekt på denne posten så lenge Noreg har leiarskapet i Forest Europe. Noreg og Spania skal i fellesskap finansiere ministerkonferansen i Noreg i 2011. Det er budsjettert med auka refusjonar på 4,5 mill. kroner, tilsvarande Spania sitt bidrag til konferansen. Samla er refusjonane budsjettert til 7,2 mill. kroner.
Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
70 | Tilskott til miljø- og ressurstiltak, kan overførast | 14 806 | 15 655 | 19 655 |
71 | Tilskott til genressursforvaltning, kan overførast | 17 553 | 19 929 | 19 929 |
Sum kap. 1139 | 32 359 | 35 584 | 39 584 |
Post 70 Tilskott til miljø- og ressurstiltak
Formål med løyvinga
Det er nødvendig med god kunnskap om og godt oversyn over miljøverdiar og ressursar for å få til berekraftig arealbruk og næringsverksemd. Over post 70 gir Landbruks- og matdepartementet støtte til kartlegging og overvakingsprogram for jordsmonnet og for biologisk mangfald i kulturlandskap og skog. Rapportering av utslepp til luft og vatn og gjennomføringa av handlingsplan for å redusere bruk av plantevernmidlar blir òg støtta. I tillegg støtter departementet informasjonsarbeid og mindre prosjekt som fremjar miljøtiltak og ressurskunnskap i jordbruket og skogbruket over posten.
Resultatrapport 2009
Resultatkontroll og overvaking under Jordsmonnovervakingsprogrammet (JOVA) blei støtta med 3,6 mill. kroner. Gjennom JOVA blir tap av jord, næringsstoff og plantevernmiddel frå jordbruksareal kartlagt. Dette er eit langsiktig program som gir verdifull kunnskap om avrenningsforhold og som kan vise trendar i utviklinga. Informasjonen blir mellom anna nytta til vidareutvikling og målretting av miljøverkemidla i jordbruket, i oppfølginga av EU sitt rammedirektiv for vatn, og til nasjonal og internasjonal rapportering. Vidare gir det rom for å måle og rekne ut effektar av tiltak for å redusere næringssaltavrenning og anna forureininga frå jordbruket.
Dei siste åra er det vist høgare tap av nitrogen, fosfor og jord frå fleire av overvakingsfelta i JOVA-programmet. Dette heng saman med auka avrenning som følgje av auka nedbør og meir intensive nedbørepisodar. Det er òg funne restar frå plantevernmiddel, noko som gir grunn til framleis å følgje nøye med på utviklinga.
Modellarbeid med rapportering av utslepp av lystgass, som er eit særskilt prosjekt utanom JOVA, blei ferdig i 2009. Den nye kunnskapen vil mellom anna bli nytta til rapportering om utslepp av lystgass. Det er framleis mykje uklårt om kva som fører til utslepp av lystgass. Dette må undersøkjast nærmare for å kunne sette i verk effektive tiltak.
På grunnlag av klassifiseringa av vasskvaliteten i vassdrag og forskinga om risiko for tap av fosfor frå jordsmonnet er det starta opp eit eige arbeid med utvikling av modellar for å møte vilkåra i vassdirektivet og rekna ut tap av næringsstoff og partiklar frå jordsmonnet. Modellar om fosfortap vil bli prioritert.
Statistisk sentralbyrå gir årleg ut ein rapport om jordbruk og miljø der miljøstatusen og effekten av verkemidla blir synleggjort. Rapporten blir finansiert med 0,5 mill. kroner frå kap. 1139 post 70. Dei siste åra er rapporten blitt utvikla vidare slik at den skal dekkje behovet for data hos lokal og regional forvaltning betre. Rapporten blir òg tilpassa nye miljøutfordringar, mellom anna for oppfølging av vassdirektivet. Vidare er det sett i gang arbeid for å utvikle rapportering knytt til klimautfordringar. Informasjon blir i aukande grad gitt over internett, og den blir tilpassa dei krava som blir sette til nasjonal og internasjonal rapportering m.a. frå EU
Departementet har vore med i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Dette er ein viktig arena for utveksling av informasjon mellom dei departementa som er med i programmet og for å koordinere tiltak på området, både innanfor og utanfor programmet. Det er eit mål å drive eit aktivt og berekraftig skogbruk som gir grunnlag for meir bruk av klimavennlege treprodukt og bioenergi og å byggje opp meir skog som gir auka opptak av CO2 og bind karbon. Miljøutfordringane i skogbruket krev at næringsverksemd må vegast mot miljøomsyn på ein god måte, og god kunnskap om skogressursane og det biologiske mangfaldet er nødvendig. Tilskottet til auka kunnskap om trua arter i det nasjonale programmet er ført vidare, og prosjektet har samarbeidd nært med Artsdatabanken for å bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag for raudlista. Vidare er det gitt støtte til prosjektet Naturtypar, der kartlegging og overvaking av biologisk mangfald i kulturlandskap inngår. Innsatsen her er viktig, mellom anna for å kunne målrette innsatsen i jordbruket sitt kulturlandskap når det gjeld drift og skjøtsel av viktige lokalitetar og landskap. Kartlegging og overvaking av framande organismar blei ført vidare i 2009. I tillegg har departementet vore med på å støtte arbeidet som blir gjort av den nasjonale Artsdatabanken. Til saman blei 1,55 mill. kroner løyvd til desse tiltaka under Nasjonalt program i 2009.
Arbeidet med produksjon av digitale markslagskart er ein del av eit større prosjekt som det blei løyvd 1,325 mill. kroner til over denne posten. Arbeidet blei òg finansiert over jordbruksavtalen, jf. kap. 1150, og over kap. 1141 post 52
Kunnskap og kompetanse om plantevern hos brukarane og rettleiingstenesta er viktig for å redusere både bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel. I 2009 blei det løyvd 0,8 mill. kroner til Bioforsk til gjennomføring av informasjonstiltak innanfor plantevernområdet. Midlane har mellom anna blitt nytta til formidling av kunnskap til brukarane, rettleiingstenesta og allmenta, til deltaking på markdagar og møte og til vidare utvikling av plantevernleksikonet. Midlane har òg blitt nytta til informasjonstiltak, knytt til framande invaderande arter.
Posten er òg nytta til å finansiere resultatkontroll i skogbruket. Kontrollen er knytt til overvaking av utviklinga av skogtilstanden, og planlegging og gjennomføring av konkrete tiltak i skog, slik som skogkultur, vegbygging og skogbruksplanlegging, jf. nærmare omtale under kap. 1150. Resultatkontrollen krev innsats frå kommunane og Fylkesmannen, og resultata blir samordna fagleg av Norsk institutt for skog og landskap i nær kontakt med Statens landbruksforvaltning. Resultatkontrollen viser mellom anna at det blir gjort for lite for å forynge skogen etter hogst.
Landbruks- og matdepartementet gav òg i 2009 støtte til vidare utvikling av eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar i skog – Miljøregistreringar i skog (MiS). I tillegg omfattar MiS-prosjektet ein kulturminnedel, og totalt blei det tildelt 5,7 mill. kroner til dette arbeidet. Resultata blir brukte i skogbruksplanlegging, men òg i arbeidet med naturtypekartlegging i kommunane og som grunnlag for å vurdere område for frivillig vern. Tilskottet til miljøinformasjonstiltak på Hirkjølen blei vidareført. MiS-prosjektet er lagt til Norsk institutt for skog og landskap, og instituttet har i 2009 publisert resultat frå arbeidet, henta inn kunnskap for å forbetre registreringane og arbeidd med praktisk oppfølging av miljøregistreringsarbeidet. Miljøregistreringane blir i hovudsak gjort samtidig med andre ressursregistreringar i samband med at det blir laga skogbruksplanar for skogeigedommane. Det er til no gjennomført miljøregistreringar på ein stor del av det produktive skogarealet. I MiS-delprosjektet om kulturminne har Norsk institutt for skog og landskap i 2009 arbeidd med å vidareutvikle eit opplegg for kulturminneregistreringar med basis i fjernmålingsdata (laser). Skog og landskap har saman med Skogbrukets kursinstitutt (SKI) utarbeidd ein rettleiar for registreringa av kulturminne som skal følgje skogbruksplanen. Arbeidet med opprydding etter tidlegare DDT-deponi ved norske skogplanteskolar stod stille i 2009, men det er førebudd oppstart av arbeidet igjen i 2010, for å få avslutta prosjektet.
Budsjettframlegg 2011
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 19,7 mill. kroner på post 70 for 2011.
Som følgje av rammeoverføring frå 1150 – underpost 74.17 er 7,0 mill. kroner foreslått ført til posten, i tråd med jordbruksavtalen i 2010. Partane i jordbruksavtalen er einige om at digitale markslagskart er eit nyttig og nødvendig verktøy, og at kvaliteten må haldast oppe gjennom ajourhold. Rammeoverføringa er knytt til framtidig vedlikehald av DMK/AR5-kartgrunnlaget. Føresetnadane for rammeoverføringa i avtalen er at det ikkje lenger skal setjast av midlar til DMK over underpost 74.17,og at jordbruket framleis skal ha rett til gratis kartdata.
Ramma for dei tiltaka som har ligge inne på posten tidlegare er redusert med 3,0 mill. kroner.
Departementet legg opp til ei fordeling av midlane over posten slik tabellen under viser.
Tabell 2.8 Budsjett for kap. 1139 post 70 i 2010 og budsjettframlegg for 2011.
(i 1 000 kr) | ||
---|---|---|
Tiltak | Budsjett 2010 | Budsjett 2011 |
Jordsmonnovervaking (JOVA) | 3 605 | 2 914 |
Nasjonal kartlegging og overvaking av biologisk mangfald | 1 500 | 1 213 |
Digitale markslagskart (DMK) | 1 325 | 8 071 |
Informasjonstiltak o.a. knytt til jordbruk og kulturlandskap o.a. | 2 350 | 1 900 |
Prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) | 5 700 | 4 607 |
Informasjonstiltak o.a. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket o.a. | 1 175 | 950 |
Sum kap. 1139 post 70 | 15 655 | 19 655 |
I 2011 vil departementet føre vidare arbeidet med å forbetre miljø- og ressurskunnskapen. Betre kunnskap er ein føresetnad for berekraftig areal- og ressursbruk og næringsverksemd. Slike tiltak blir finansierte både over dette kapitlet og over kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap på matområdet.
Reduksjonen på 3 mill. kroner på posten er foreslått fordelt med ein reduksjon på om lag 20 pst. på alle arbeidsområda. Dette krev ei strammare prioritering av prosjektstøtta både til laupande programstøtte og nye tiltak. Framlegget til løyving til arbeidet med digitale markslagskart (DMK) inkluderer arbeidet med å få fram god stadinformasjon som verktøy for arealplanlegging og ressursforvaltning som før har blitt finansiert på denne posten.
JOVA-programmet er eit tiltak for å få kunnskap om avrenning av næringsstoff til vatn og vassdrag. Programmet blir ført vidare i 2011 og blir tilpassa annan forskingsinnsats om avrenning hos Bioforsk. Ny rammeplan for 2011-2015 er under utarbeiding.
Jordsmonnovervakinga gir òg viktig tilleggsinformasjon om korleis plantevernmiddel oppfører seg under norske forhold i praksis. Resultata blir mellom anna brukte for vurdering av godkjenning av plantevernmiddel og som grunnlag for å setje vilkår for bruken av dei. Jordsmonnovervakinga er viktig for å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn på ein kostnadseffektiv måte. Det er særleg nødvendig med betre kunnskap om avrenning av næringsstoff knytt til lokale forhold og ulik driftspraksis i landbruket.
Vassdirektivet gjer det nødvendig å utvikle betre modellar for å rekne ut omfanget av avrenning frå små nedbørsfelt som er sterkt påverka av jordbruksdrift. Dette gjeld særleg fosfor som kan føre til alvorleg forureining av vassdrag og til oppblomstring av giftige algar. Landbruks- og matdepartementet vil føre vidare arbeidet som er sett i gang for å utvikle betre modellar for å få betre kunnskap om avrenning av næringsstoff og effektar av tiltak. Dette skal byggje på arbeidet som alt er gjort med klassifisering av vasskvaliteten i vassdrag og forsking om risiko for tap av fosfor frå jordsmonnet. Modellarbeidet vil òg bli tilpassa behovet for rapportering av arbeidet knytt til vassdirektivet. Det er òg behov for betre oversyn over nitrogensyklusen for betre å kunne setje inn tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og avrenning av nitrat til vassdrag. Statistisk sentralbyrå (SSB) sin rapport Jordbruk og miljø – resultatkontroll jordbruk gir grunnlag for å rekne seg fram til og gi ei fråsegn om effektar av miljøtiltaka slik at ein kan vurdere omfanget av miljøforbetringane og måloppnåing. Resultatkontrollen for miljøtilstanden i jordbruket blir gjort kvart år av SSB. Den behandlar miljøpolitiske resultatområde i samsvar med stortingsmeldingane om regjeringa sin miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og følgjer opp Landbruks- og matdepartementet sin miljøstrategi. Rapporten gir òg grunnlag for nasjonal og internasjonal rapportering. Resultatkontrollen vil bli utvikla vidare i samsvar med nye behov. Både oppfølginga av vassdirektivet og landbrukets klimaspørsmål vil leggje føringar for dette arbeidet.
Departementet legg stor vekt på å betre kunnskapen om trua og sårbare arter slik at ein kan ta mest mogleg målretta omsyn til slike verdiar. Departementet vil arbeide med slike spørsmål både gjennom det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og i direkte kontakt med faginstitusjonar som Norsk institutt for skog og landskap og Artsdatabanken. Departementet vil framleis delta i vidare oppfølging av Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Det vil vere aktuelt å bruke midlar frå denne posten til informasjon og mindre prosjekt om jordvern, jordbrukets kulturlandskap og berekraftig forvaltning av biologisk mangfald. Departementet vil òg støtte prosjekt som kan bidra til å nå måla om redusert bruk av og redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel.
I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, er det lagt vekt på at aktiv bruk av skogen er eit viktig tiltak i klimapolitikken. Skog i vekst bind CO2, og bruk av tre i byggsektoren og utnytting av skogsvirke til bioenergi gir klimagevinstar. Auka hogst kan sikre ressursar til bioenergi og varig karbonbinding gjennom auka bruk av tre til konstruksjonar og anna. Med nødvendig planting etter hogst får ein òg eit auka og langsiktig opptak av CO2. Skog- og utmarksareala er i tillegg sentrale for opplevingsturisme og ulike andre næringstiltak. Forsterka satsing på oppbygging av skog og uttak av energivirke, samt auka satsing på utmarksnæring, inneber krav om enda betre kunnskap om viktige miljøverdiar i skogen. Departementet vil derfor vidareføre satsinga på MiS-prosjekta om biologisk mangfald og om kulturminne, samt slike miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga, slik at skogbruk og utmarksnæring har best mogleg kunnskap om miljøverdiane i skogen og kan ta omsyn til desse.
Hovudinnsatsen til MiS-prosjekta vil i 2011 vere knytt til publisering, formidling og marknadsføring av relevant kunnskap. Prosjekta må òg yte fagleg støtte til departementet i konkrete tilfelle, som til dømes i nordiske samarbeidssaker, og leggje til rette oppdatert og tilgjengeleg kunnskap som kjem fram gjennom det arbeidet som blir gjort i MiS. Behovet for gode miljøomsyn i skogbruket krev mellom anna ny kunnskap om biologisk viktige område. Slike område blir no òg registrerte gjennom Landsskogtakseringa, noko som etter kvart gir ein god dokumentasjon på kva for ein status og utvikling miljøverdiar i skog har.
Departementet vil gi støtte til prosjekt for kunnskapsformidling og informasjonstiltak for eit berekraftig skogbruk. Slike tiltak vil omfatte tilskott til produksjon av informasjonsmateriell, seminar, kunnskapsoppbygging og samlingar, mellom anna retta mot offentleg og privat verksemd.
Post 71 Tilskott til genressursforvaltning
Formål med løyvinga
For å sikre biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar og å møte klimautfordringar, er det grunnleggjande å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse. Løyvingar over posten omfattar tiltak til styrking av arbeid nasjonalt og internasjonalt med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket.
Resultatrapport 2009
Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagt til Norsk genressurssenter, som er ei eining ved Norsk institutt for skog og landskap. Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1141 post 52.
Over post 71 blir det løyvd tilskott til tiltak og aktivitetar i genressursforvaltninga etter råd frå genressursutvala for plantar, skogtre og husdyr og på grunnlag av handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i dei tre sektorane. Gjennom desse prosjekta har Genressurssenteret eit aktivt samarbeid med aktørane i genressursarbeidet. Resultat frå prosjekta gir verdifull informasjon til næringsaktørar og forvaltning, i tillegg til generell informasjon om genetiske ressursar til allmenta.
Tilskotta har gått til fleirårige prosjekt og oppgåver i samsvar med handlingsplanane. På planteområdet har bevaring og utnytting av viktige fôr- og matplanter hatt høg prioritet. Genressurssenteret har laga eit opplegg for plan og tilskott til drift av biologisk og genetisk verdfulle engmarker som har blitt vel motteke av forvaltninga både på fylkes- og landsnivå. På skogområdet har arbeid med registreringar i verneområde i edellauvskog som er valt ut som genressursreservat i samråd med miljøforvaltninga halde fram. I mange av prosjekt på denne sektoren blir det lagt vekt på å framskaffe frømateriale og planter med god kvalitet og tilpassingsevne, både til skogbruk, landskapsplantingar og hagebruk.
I arbeidet med husdyrgenetiske ressursar er det gitt tilskott til Genbanken for fjørfe, til raselag for truga nasjonale rasar og til bevaringsbesetningar. Arbeidet med å få i stand eit nytt Kuregister for bevaringsverdige storferasar har hatt høg prioritet, men vil også framover krevje betydelege ressursar. Data frå Kuregisteret blir brukt til kontroll av produksjonstilskot til bevaringsverdige storferasar, til kontinuerleg overvaking av utviklinga av rasane og som grunnlag for berekraftig avl. Det er vidare kartlagt mange nye besetningar av sauerasane steigar og rygja.
Verksemda til genressurssenteret som blei finansiert med 5 mill. kroner over dette budsjettkapitlet, har i monaleg grad auka kunnskapen om landbruket sine genressursar hos næringsaktørar, i forvaltninga og organisasjonane og hos allmenta gjennom brei mediedekning. Dette styrkjer medvitet om verdien som desse ressursane representerer og kor viktig det er å ha ei aktiv forvaltning av genressursane.
Svalbard globale frøhvelv er eit sikringstiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, spesielt vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet, huser dublettar av frø frå heile verda. 18 institusjonar la inn til saman 170 973 nye frøprøver i 2009. Fem nye land har teke frøhvelvet i bruk. Ved utgangen av året var i alt 491 058 frøprøver deponerte.
Midlane i 2009 gjekk til husleige og drift av frølageret, til ymse informasjonstiltak og til gjennomføringa av eittårsjubileet. Dette blei markert på Svalbard med seminaret Korleis brødfø ei varmare verd? som sette søkelys på klimaendringane og behovet for aktiv planteforedling for å sikre bøndene tilpassa plantemateriale. Den internasjonale interessa for frøhvelvet har halde seg i 2009, og pågangen på informasjon og for å gjeste frøhvelvet var stor. Gjestinga til generalsekretær Ban Ki-moon i FN i september var eit høgdepunkt. Han tala rosande om tiltaket og la vekt på at sikringa av biologisk mangfald er naudsynt for å sikra verden mat.
Det nordiske genressursarbeidet er samla i NordGen som har sete med administrasjon og plantegenetisk verksemd i Alnarp, Sverige, medan faglege oppgåver knytt til husdyr og skogtre er samlokalisert med Norsk genressurssenter på Ås. Over post 71 fekk NordGen 1,6 mill. kroner i støtte til denne delen av verksemda.
Over posten blei det òg løyvd midlar til Stiftelsen Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og busker eigna for norske forhold og til formidlingsverksemd. Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter fekk støtte til arbeidet med dei nasjonale hesterasane Fjordhest og Nordlandshest/Lyngshest. Norsk Hjortesenter fekk tildelt midlar for å arbeide med å utvikle hjort som ressurs.
Det norske Skogfrøverk er ein sentral institusjon for leveransar av frø til norsk skogbruk, og institusjonen har òg viktig kompetanse når det gjeld genressursspørsmål knytt til trevekstar. Det overordna målet er å sikre ei landsdekkjande frøforsyning av høg kvalitet basert på berekraftig forvaltning av genressursane. Landbruks- og matdepartementet gav i 2009 økonomisk støtte til forvaltningsoppgåver som produksjon av frø, kontrolloppgåver etter forskrift om skogfrø og skogplanter, informasjons- og opplæringstiltak og utviklingsoppgåver knytt til frøproduksjonsanlegg med 4,15 mill. kroner over denne posten. Departementet gav òg 2 mill. kroner i ekstraløyvingar til Det norske Skogfrøverk for å styrkje arbeidet med planteforedling i skogbruket. Dette er eit viktig arbeidsområde med tanke på verdiskaping og energi- og miljøgevinstar frå skog.
Det norske Skogfrøverk og Norsk institutt for skog og landskap samarbeider for å leggje til rette for optimal bruk av spisskompetansen desse institusjonane representerer. Departementet har dei siste åra styrkt det arbeidet som blir drive ved Det norske Skogfrøverk. Strategisk plan for skogfrøforsyning, planteforedling og bevaring av genetiske ressursar ligg til grunn.
Budsjettframlegg 2011
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 19,9 mill. kroner, og legg opp til ei fordeling slik tabellen under viser.
Tabell 2.9 Budsjett for kap. 1139 post 71 i 2010 og budsjettframlegg for 2011.
(i 1 000 kr) | ||
---|---|---|
Tiltak | Budsjett 2010 | Budsjett 2011 |
Genressurstiltak | 6 716 | 6 716 |
Svalbard globale frøhvelv | 4 363 | 4 363 |
Stiftelsen Det norske arboret | 300 | 300 |
Nordisk genressurssenter (NordGen) | 1 600 | 1 600 |
Nord-Norsk Hestesenter, Norsk Fjordhestsenter og Norsk Hjortesenter | 2 800 | 2 800 |
Skogfrøforsyninga | 4 150 | 4 150 |
Sum genressursforvaltning | 19 929 | 19 929 |
I eit internasjonalt perspektiv truar einsrettinga av planteutvalet i moderne jordbruk den genetiske variasjonen blant matplanter som er utvikla gjennom tusenårig jordbruksdrift. Dette hindrar òg vidare utvikling av eit berekraftig landbruk. Innan husdyrbruket dominerer nokre moderne produksjonsrasar i store delar av verda, og ein ser òg eksempel på at husdyrrasar har sjukdomsproblem og redusert fertilitet som eit resultat av einsidig avl på produksjonseigenskapar. Klimaendringar er ei ny utfordring som vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale. Noreg har ansvar for å forvalte sine genetiske ressursar på ein berekraftig måte, noko som mellom anna er stadfesta gjennom internasjonale konvensjonar og avtalar.
Over posten blir det løyvd midlar til tiltak og prosjekt som er viktige for å følgje opp handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar blant husdyr, planter og skogtre. Verksemda i planperioden 2007-2010 blir evaluert som grunnlag for utarbeidinga av nye handlingsplanar for perioden 2011-2014. Desse skal stå ferdig innan utgangen av 2010. Etter evalueringa vil òg endringar i rådsstrukturen for genressursarbeidet bli vurdert. Genbanken for fjørfe har òg blitt evaluert og departementet vil likeins vurdere drifta her.
Midlane skal gå til aktivitet både ved Norsk genressurssenter og eit stort tal samarbeidspartnarar. Dette er med på å halde oppe eit nettverk av institusjonar, organisasjonar og privatpersonar som alle hjelper til med aktivitet for bevaring og bruk av det genetiske mangfaldet. Stimulering av næringsutvikling gjennom bruk av genetiske ressursar er eit prioritert arbeidsområde saman med vidare kartlegging av genetiske ressursar, aktiv og målretta skjøtsel av det genetiske og biologiske mangfaldet i kulturlandskapet og andre bergingsstiltak.
Det skal òg leggjast vekt på meir generelle tiltak, som å klargjere rett og tilgang til genetiske ressursar, greie ut verknadene for genetiske ressursar av genmodifisering og bruk og utvikling av genetiske ressursar i eit endra klima. Løyvingane til genressurstiltak gjeld òg drift av Genbanken for fjørfe, tilskott til lag for arbeid med verneverdige rasar og fortsett arbeid med å effektivisere kontrolldatabasar for bevaringsverdige husdyrraser.
Det er òg viktig å ta del i nordisk og europeisk samarbeid om genetiske ressursar for å sikre ein mest mogleg effektiv bruk av desse ressursane. Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i Nordisk genressurssenter (NordGen). Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert til Noreg. Departementet gjer framlegg om å vidareføre støtte til denne verksemda i NordGen med til saman 1,6 mill. kroner. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokaliseringa med Norsk genressurssenter. NordGen har starta opp arbeid med evaluering av denne organiseringa.
Posten omfattar òg samarbeid i internasjonale fora. Noreg vil vidareføre rolla si som brubyggjar i dei internasjonale forhandlingane om genressursar innan Konvensjonen om biologisk mangfald, FAO sin kommisjon for genetiske ressursar innan mat og landbruk og den internasjonale plantegenetiske traktaten. Noreg vil aktivt følgje opp arbeid for å få auka tilslutning om støtte til plantetraktatens Benefit Sharing fond og for at det blir auka internasjonalt merksemd på behovet for auka ressursar til foredling av matplanter som er tilpassa område som kan bli råka av dramatiske klimaendringar.
Lovnaden Noreg ga ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gi ei årleg støtte som svarar til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare til plantetraktatens fond for utbyttefordeling blir følgt opp over posten. Lovnaden er gitt i erkjenning av den berekraftige bruken av plantegenetiske ressursar som blir drive av bønder i utviklingsland og kva dette tyder for lokal mattryggleik.
Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv, informasjonsverksemd og til møte i det internasjonale rådet. Oppslutninga om Svalbard globale frøhvelv blant verdas genbankar er god, og det er avtalt innskot av frø mange år fram i tid.
Den internasjonale interessa for Svalbard globale frøhvelv som synte seg ved opninga held fram. Det har vist seg at Svalbard globale frøhvelv er eigna til å gi auka forståing og medvete om plantemangfald og matvaresikring, og det er ei viktig oppgåve å følgje opp denne rolla. I oppfølging av det som blei halde ved eittårsmarkeringa i 2009 førebur departementet eit nytt internasjonalt seminar på Svalbard i februar 2011 med fokus på klimaendringar og genetisk mangfald. Konklusjonane frå seminaret skal leggjast fram for internasjonale møte i FAO og plantetraktaten i 2011.
Bruk av rett frø er viktig for å sikre god tilgang på skogsvirke i framtida. Med nye utfordringar knytt til klimaendringar er god kompetanse innan frøproduksjon viktig. Over posten vil det bli gitt støtte til Det norske Skogfrøverk for å sikre dei langsiktige oppgåvene innanfor frøforsyninga i skogbruket. Midlane blir prioriterte til frø- og konglesanking, frøproduksjon og til arbeid for å sikre dei genetiske ressursane i skogen. Innanfor ramma vil ein òg gi løyving til nødvendige forvaltningsoppgåver innan frø- og planteforsyninga, inkludert arbeid med import og eksport av frø og planter.
Departementet vil òg føre vidare støtte til Stiftelsen Det norske arboretet, Norsk Fjordhestsenter, Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Hjortesenter over denne posten.
Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
50 | Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse | 22 909 | 23 142 | 23 142 |
52 | Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressurser, skog og landskap | 87 665 | 94 970 | 94 970 |
Sum kap. 1141 | 110 574 | 118 112 | 118 112 |
Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse
Posten omfattar Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) si kunnskapsutvikling m.m. for statsforvaltninga.
NILF er eit forskings-, utreiings- og dokumentasjonsinstitutt for føretaks- og næringsøkonomi i landbruket og landbruksbasert industri. Instituttet har ein tverrfagleg profil. Instituttet tek oppdrag på kjerneområdet sitt, men òg i tilknyting til fiskeri- og havbrukssektoren med vekt på handelspolitikk. Vidare har instituttet ein rådgjevande funksjon overfor departementet og annen forvaltning innan fagområda sine.
NILF er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. Instituttet får løyving til å fylle målsetjingane innan næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse direkte frå Landbruks- og matdepartementet. Instituttet mottek basisløyving frå Noregs forskingsråd over kap. 1137. NILF har hovudkontor i Oslo og distriktskontor i Bergen, Trondheim og Bodø.
Ein viktig del av NILF sin verksemd er å levere eit godt grunnlag for økonomiske og politiske avgjerder med tyding for produksjon og omsetjing av landbruksprodukt, næringsmiddelindustri og matvaremarknader, produksjonar som blir drivne i tilknyting til landbruk og landbrukets rolle i bygdesamfunnet. Instituttet utarbeider materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket og er sekretariat for nemnda etter avtale med Landbruks- og matdepartementet.
Formål med løyvinga
Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analyse av verdikjeda for matvarer skal framleis vere sentrale fagområde for NILF i 2011. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader og endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane av dette for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, vil vere aktuelle tema. NILF skal styrkje samfunnsperspektivet ved å sjå landbruks- og matsektoren i samband med fellesgode og heile verdikjeda for landbruksprodukt. Mellom anna skal instituttet medverke til auka kunnskap om samanhengen mellom landbruk, landbrukspolitiske mål og verkemiddel på den eine sida og utslepp og opptak av klimagassar på den andre. NILF skal òg medverke til auka kunnskap om skattlegging av landbruksverksemd og om entreprenørskap og næringsutvikling med basis i landbruksnæringa. Departementet legg òg vekt på auka brukarnytte av driftsgranskingane og at det framleis er ei vesentleg brukarfinansiering av produkta innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.
Oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet er ein vesentleg del av verksemda til NILF. Dette arbeidet kan delast inn i tre hovudområde:
Føretaksøkonomisk dokumentasjon inkludert rekneskapsundersøkingar i jord- og skogbruk
Næringsøkonomisk dokumentasjon inkludert sekretariatsarbeid for Budsjettnemnda for jordbruket
Driftsøkonomisk rettleiing og styring inkludert kursverksemd
NILF har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgjevar.
Resultatrapport 2009
NILF har i 2009 utarbeidd driftsgranskingar for 2008 med rekneskapsstatistikk frå 861 gardsbruk over heile landet. Denne rekneskapsstatistikken er m.a. basis for referansebruksutrekningar som blir nytta i samband med jordbruksforhandlingane. Driftsgranskingane viser saman med spesialundersøkingar både gjennomsnittstal for og variasjonar i lønnsemd mellom bruksstorleiker, produksjonsformer og regionar. Frå 2005 er det lagt vekt på ei grundigare analyse av skattepolitikk, samdrifter i mjølkeproduksjon, tilleggsnæring og anna næring på driftsgranskingsbruka. Granskingane omfattar 34 samdrifter i mjølkeproduksjon. Økologisk landbruk er òg eit tema som er spesielt vektlagt i driftsgranskingane for 2008.
Som sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket, har NILF utarbeidd grunnlagsmateriale for jordbruksforhandlingane, nasjonalbudsjett og nasjonalrekneskap, matvareforbruksutrekningar og rapportering til internasjonale organisasjonar. I løpet av året blei det publisert ein ny versjon av rapporten Utsyn over norsk landbruk.
I 2009 har NILF på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet òg hatt oppgåver knytt til m.a. førebuing og deltaking på OECD-møte, oppfølging av internasjonale råvareprisar, dokumentasjon av prisutviklinga i ulike ledd i matvarekjeda og utgreiing om prisdiskriminering på dagligvareleddet.
Budsjettframlegg 2011
Landbruks- og matdepartementet legg til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. På dette grunnlaget er posten foreslått ført vidare på om lag same nivå som 2010. NILF skal i 2011 føre vidare dei faste oppgåvene dei har for forvaltninga. I tillegg til dei faste oppgåvene vil departementet framleis ha stort behov for utgreiing av særskilte problemstillingar i landbruks- og matpolitikken.
Post 52 Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar; skog og landskap
Formål med løyvinga
Midlane på posten skal nyttast til å få fram kunnskap om ressursar og miljøverdiar. Slik kunnskap er ein føresetnad for å sikre berekraftig verdiskaping og næringsutvikling basert på arealressursane, og for ei god genressursforvaltning. Dette er viktig for departementet sine mål om trygge matvarer, god dyre- og plantehelse, ressursforvaltning med vern av jordsmonnet, vedlikehald av kulturlandskapet og biologisk mangfald, berekraftig skogbruk og auka verdiskaping, aktivt landbruk over heile landet og nasjonal matforsyning. Sjå elles omtalen av departementet sine mål i innleiinga i proposisjonen.
Norsk institutt for skog og landskap
Midlane på posten blir i hovudsak tildelt Norsk institutt for skog og landskap, som er eit nasjonalt institutt for kunnskap om arealressursar.
Instituttet er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Formålet og rolla til instituttet er å forske og skaffe fram informasjon knytt til skog, jord, utmark og landskap. Norsk genressurssenter er ei eining ved instituttet.
Instituttet får basisløyving til forsking over kap. 1137 og midlar til kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling, under dette midlar til Genressurssenteret, direkte frå Landbruks- og matdepartementet.
Forskinga ved instituttet skal dekkje behov for kunnskap knytt til heile den skogbaserte verdikjeda, samt områda arealbruk og landskap. Departementet legg særskilt vekt på områda berekraftig økonomisk utnytting av ressursane i skog og utmark og analysar av dei komplekse, dynamiske og sårbare økosystema. Instituttet arbeider med oppbygging av landskapsforsking som eit eige fagområde. Forskinga skal vere på høgt internasjonalt nivå.
Instituttet er nasjonalt ansvarleg for ressursundersøkingar innanfor fagområda jord, skog, utmark, landskap, arealdekke og arealtilstand. Instituttet skal byggje opp og halde vedlike den nødvendige kompetansen som eit nasjonalt faginstitutt. Instituttet skal òg formidle kunnskap for berekraftig forvaltning og verdiskaping til styresmaktene, næringslivet og allmenta. Instituttet skal utvikle samarbeidet med Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og miljøforskingsinstitutta. Norsk institutt for skog og landskap har saman med Bioforsk og UMB etablert eit samarbeid om bioenergi, kalla Norsk senter for bioenergiforskning. I denne alliansen skal instituttet vere med å byggje opp kunnskap som grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val for næringsutøvarar som vil satse på bioenergi.
Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i faglege spørsmål. Instituttet må ha ein aktiv og målmedveten kontakt med styresmakter, næringsliv og organisasjonar med sikte på oppdrag både nasjonalt og internasjonalt.
Resultatrapport 2009
Midlane på posten blei tildelt Norsk institutt for skog og landskap i 2009. Resultatrapporten under følgjer inndelinga i verksemdområde ved instituttet.
Ressursundersøking og overvaking
Norsk institutt for skog og landskap har i 2009 ført vidare dei nasjonale ressursundersøkingane. Desse undersøkingane gir viktige data om arealtilstand og utvikling på mange område, og dei er såleis eit viktig grunnlag for politikkutforminga. Dei nasjonale oppgåvene er knytt til kartlegging og overvaking av arealressursar, jordsmonn, utmarksbeite, kulturlandskap og skog.
Arealressurskarta blir brukte i landbruksforvaltning og arealplanlegging og er tilgjengelege i kartløysingar, mellom anna gjennom Gardskart på internett (sjå omtale under avsnitt om geodatatenester). Karta blir først og fremst nytta ved søknader om og kontroll av arealtilskott i landbruket, men òg til anna forvaltning, planlegging og arealstatistikk. Kartbasen over markslag og arealforhold skal vere ajourført for heile landet innan utgangen av 2010. I 2009 blei det ajourført 1 295 km2 jordbruksareal i 74 kommunar.
Jordsmonndata blir mellom anna nytta til å redusere erosjon, styrkje jordvernet, fremje nisjeprodukt og arbeide med klimatiltak. Om lag halvparten av jordbruksarealet er no kartlagt. Kartlegginga er i 2009 ført vidare med 58,5 km2. Kart og informasjon er gjort tilgjengeleg på internett.
Instituttet kartlegg ressursgrunnlaget for beite i utmark og driv rådgjeving kring beitebruk. Utmarksbeite er ein viktig del av fôrgrunnlaget i landbruket og ein viktig reiskap for skjøtsel av landskapet. I 2009 blei 345 km2 kartlagt. Denne informasjonen synleggjer beiteinteressene i utmarka og gir auka avkastning for beitebrukarane gjennom tilrettelegging for betre beitebruk. Informasjonen blir nytta for å finne løysingar i konfliktar kring arealbruk i utmark, til dømes når det gjeld rovdyr og hyttebygging. Kartleggingsprosjekta blir prioriterte etter tilgangen på medfinansiering frå beitebrukarane.
Gjennom Landsskogtakseringa skaffar instituttet fram informasjon om tilstanden til og utviklinga av skogressursane i Noreg. Dei lange tidsseriane med informasjon frå Landsskogtakseringa står sentralt i arbeidet med politikkutvikling og berekraftig forvaltning av skogressursane. Landsskogtakseringa gir, saman med annan arealressursinformasjon frå instituttet, eit viktig grunnlag for rapporteringa om karbon i skog og anna som Noreg gjer i tråd med Klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen. Det er auka etterspurnad frå næringsorganisasjonane, regionane og større føretak etter informasjon om skogressursane, særleg knytt til satsinga på bioenergi.
Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) blei ført vidare i 2009. OPS er ein del av den generelle skogovervakinga i Noreg. Metodar og resultat brukt i OPS blir koordinerte på europeisk nivå under FN-konvensjonen om langtransporterte grenseoverskridande luftforureiningar (LRTAP).
Instituttet har i 2009 ført vidare dei langsiktige feltforsøka som følgjer utviklinga i ulike skogtypar. Miljøforholda, ressursgrunnlaget og helsetilstanden blir kartlagt saman med moglege effektar av klimaendringar. Instituttet driv òg overvaking for å kunne førebyggje skogskadar som følgje av klimaendringar, sopp- og insektangrep og anna. Som ledd i dette har instituttet òg sett på tømmerimporten for å vurdere faren for at det blir ført nye arter inn til landet.
Landbruket forvaltar mykje av den nasjonale kulturminneskatten. For å dokumentere og styrkje grunnlaget for kulturminnearbeidet i landbruket rapporterer instituttet status for kulturminne i jordbrukslandskapet. Instituttet har òg teke del i markeringa av kulturminneåret 2009 med informasjon om kulturminne knytt til landbruket. Grunna den store interessa for seterlandskapet tek instituttet frå 2009 med seterområda i kulturminnegranskinga. Status og utvikling i jordbrukets kulturlandskap blir òg dokumentert gjennom det nasjonale programmet for overvaking og resultatkontroll. Data frå overvakinga blir nytta i arbeidet med landskap og i utvikling av verkemiddel i dei regionale miljøprogramma.
Det er eit prioritert politisk mål å fremje næringsutvikling ved å ta heile landet i bruk. Det er òg mål om ei meir aktiv næringsverksemd i verneområde både for å styrkje lokalsamfunna og ta vare på dei verneverdiane som krev aktiv skjøtsel på ein betre måte. I dette arbeidet treng brukarane og forvaltninga på regionalt og lokalt nivå kunnskap om ressursane dei kan nytte og om dei miljømessige tålegrensene for auka næringsverksemd i slike, ofte sårbare, område. Arealrekneskap for utmark gir denne informasjonen. I 2009 blei 98 nye område undersøkt, og det blei utarbeidd rapportar om utmarksressursane i Buskerud og for Hardangervidda. Til saman er om lag halve landet nå dekt i denne undersøkinga.
Norsk institutt for skog og landskap har vore med i fleire internasjonale samarbeidsorgan som faginstans på vegne av Noreg. Instituttet tek òg del i internasjonale prosessar og samarbeider med liknande organisasjonar i andre europeiske land om harmonisering av metodar og utvikling av meir effektive rutinar for kartlegging og overvaking. Instituttet samarbeider med SSB om etablering av representativ nasjonal arealstatistikk. Instituttet har ansvar for det norske bidraget til det europeiske arealdekkekartet (Corine Land Cover). I 2009 blei eit ajourført arealdekkekart levert til det Europeiske miljøbyrået (EEA).
Geodatatenestene
Data frå kartleggingsprogramma og ressursundersøkingane blir gjort tilgjengelege for forvaltninga og dei næringsdrivande. Dette aukar samfunnsnytten av instituttet si verksemd. Systematisk og langsiktig arbeid med lagring og dokumentasjon av geodata i databasar er ein føresetnad for desse tenestene og for deling av data med dei andre partane i Norge Digitalt samarbeidet.
Den internettbaserte tenesta Gardskart på internett gir alle eigarar av landbrukseigedom tilgang til kart og arealstatistikk for eigen eigedom. Dette er eit viktig bidrag til realisering av mål i e-Norge-strategien og Norge digitalt-samarbeidet. Statistikk for bruken av tenesta gardskart på internett viser ein kraftig auke i bruken på 62 pst. frå 2008 til 2009. I samband med dette arbeidet har instituttet i 2009 halde kurs for 290 kommunar slik at dei kan bli betre i stand til både å gjere seg nytte av dei moglegheitene teknologien opnar for, og for at dei sjølve skal bidra til at kartgrunnlaget blir halde à jour kontinuerleg.
Det nasjonale programmet for regelmessig flyfotografering av heile landet er ført vidare med fotografering av 83 000 km2 i 2009. Bilete og andre data frå fotograferinga blir forvalta og distribuert i samarbeid med partane i Norge digitalt. Det er etablert ei samordna nasjonal løysing for forvaltning og distribusjon av både flybilete og ortofoto. Denne løysinga er teken i bruk av eit stort tal brukarar. Dette gir betre ressursutnytting og dermed òg betre tilgang på flybilete gjennom samordna finansiering og gjennomføring av flyfotografering i Noreg.
I samarbeidet mellom offentleg og privat sektor om etablering av geodata, Geovekst, er instituttet ansvarleg for landbruksparten. Instituttet har arbeidd for å samordne landbruket, og sikre at landbruket både dekkjer sine plikter og får tilgang til kartdata i Geovekstprosjekt i kommunane.
Forsking
Rapport og budsjettframlegg for Norsk institutt for skog og landskap sin forsking er omtalt under kat. 15.20 og kap. 1137 post 51.
Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning
Instituttet har ytt kompetansetenester innanfor skogbruksplanlegging. Informasjon om status og omfang av skogbruksplanlegginga med miljøregistreringar er lagt betre til rette i geografiske innsynsløysingar på internett.
Informasjonsverksemda og rådgivinga omkring aktuelle patologiske og entomologiske skadar på skog har vore god, og Norsk institutt for skog og landskap har levert viktig informasjon både til allmenta og forvaltninga. Instituttet har formidla resultat frå både overvaking, ressursundersøkingar og forsking gjennom internettsider som på ein god måte viser samfunnsnytta av det arbeidet som er gjort.
Norsk genressurssenter
Genressurssenteret har i 2009 halde fram med å publisere informasjon frå genressursarbeidet på nettsida som nyheitsinnslag og fagartiklar og i faglege foredrag. Senteret har òg vore aktive på mange arenaer med informasjonsmateriale om genetiske ressursar, sett i verk arrangement og møter og vore med på markeringa av Kulturminneåret 2009.
Genressurssenteret legg stor vekt på å halde kontakt med dei ulike aktørane i genressursarbeidet og koordinerar nasjonale aktivitetar innan sektorane husdyr, kulturplantar og skogtre. Senteret deltek òg aktivt i det nordiske og internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar, og medarbeidarane er norske representantar i internasjonal samarbeidsorgan. Genressurssenteret gir fagleg støtte til Landbruks- og matdepartementet ved førebuingar til internasjonal møte.
Budsjettframlegg 2011
Landbruks- og matdepartementet legg til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. På dette grunnlaget er posten foreslått ført vidare på same nivå som 2010. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 95 mill. kroner for 2011. Midlane vil bli nytta til kunnskapsutvikling og anna knytt til arealressursar; skog, jord, utmark, landskap og støtte for gjennomføring av landbruks- og matpolitikken. Løyvinga vil i all hovudsak bli nytta til aktivitet ved Norsk institutt for skog og landskap, under dette Norsk genressurssenter.
Norsk institutt for skog og landskap
Norsk institutt for skog og landskap vil i 2011 ha ei rekkje oppgåver innanfor forsking, jf. òg omtale i kap. 1137, og kunnskapsutvikling knytt til skog, landskap og arealressursar.
Aktiviteten ved instituttet vil i hovudsak vere knytt til fem hovudverksemdsområde; ressursundersøkingar og overvaking, forsking, geodatatenester, forvaltning og rådgiving og Norsk genressurssenter.
Ressursundersøking og overvaking er langsiktige program som skaffar informasjon om tilstand og utvikling av ressursar landbruket nyttar og forvaltar. Ei sentral oppgåve er vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet (AR5). Vidare omfattar programma mellom anna systematisk overvaking av kulturlandskapet, kartlegging og formidling av informasjon om jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar (OPS), Landsskogtakseringa, og vegetasjonskartlegging i utmark. Departementet meiner det er viktig å sikre kontinuitet i eksisterande statistiske undersøkingar og å sikre vedlikehald av kartgrunnlaget for arealtilstand. Undersøkingane gir viktig informasjon om korleis landbrukspolitikken verkar og grunnlag for målretta og langsiktig forvaltning og verdiskaping basert på arealressursane. Instituttet skal halde fram med å leggje vekt på at dei data som blir samla inn gjennom ulik kartlegging og overvaking blir tekne i bruk og kjem til nytte for samfunnet og brukarane i arbeidet for berekraftig verdiskaping og forvaltning av areal og ressursar. Næringsutvikling, matproduksjon, klimapolitikk, attgroing, bioenergi og effektiv tilskottsforvaltning er eksempel på viktige område der eksisterande arealressursundersøkingar gir informasjon som er tilpassa kunnskapsbehova.
Instituttet arbeider kontinuerleg for å sikre god samanheng og struktur i det samla kartleggings- og overvakingsarbeidet, og tek i bruk nye metodar og teknologi der det gir effektive løysingar som dekkjer måla i kartleggings- og overvakingsarbeidet. Arbeidet med å starte opp ei statistisk representativ undersøking av jordsmonnet skal halde fram. I arbeidet med å halde skogovervakinga oppdatert og effektiv er det òg naturleg å vurdere om bruk av satellitt- og laserbasert teknologi kan vere tenleg.
Klimautfordringa er eit område med stort behov for kunnskapsutvikling. Norsk institutt for skog og landskap bidreg til å skaffe fram viktig informasjon om korleis klimaendringane verkar på naturen og landbruket. Instituttet har òg, saman med SSB og Klima- og forureiningsdirektoratet (KLIF), ei sentral rolle i arbeidet med Noregs internasjonale klimarapportering. Instituttet skal arbeide vidare med å få fram betre data om karbonbinding i skog og jord. Dette vil styrkje grunnlaget for den internasjonale klimarapporteringa. Instituttet har ein viktig funksjon som eit klimasenter på arealinformasjonsområdet. Departementet prioriterte midlar til å utvikle denne funksjonen i 2010, og arbeidet vil bli vidareført i 2011. Siktemålet må vere at instituttet vidareutviklar metodar og opplegg for bidrag til klimagassrekneskapen, slik at rekneskapen for landbruket blir fundert på best moglege data og at instituttet vidareutviklar klimasenterfunksjonen og si rolle i internasjonal rapportering. Kunnskap om status for og utvikling av arealbruk og biomasse fører med seg internasjonal merksemd som følgje av klimautfordringa.
Forskinga ved instituttet er i første rekkje ei vidareføring av skog- og miljøforskinga som Skogforsk tidlegare har utført. I tillegg til løyvinga over denne posten får instituttet midlar til forsking frå Noregs forskingsråd, jf. omtale i kat. 15.20 og kap. 1137. Omorganiseringa av instituttet i 2006 har gitt eit potensial for forsking på nye område. Instituttet arbeider med oppbygging av landskapsforsking som eit eige fagområde.
Instituttet skal, med basis i dei midlane som er foreslått løyvd over denne posten for 2011, kunne utføre avgrensa forskings- og utgreiingsoppdrag for departementet innanfor tema som mellom anna ressursgrunnlag og produksjon, infrastruktur og hogst av skog, skogskadar, berekraftig verdiskaping frå skog og miljøspørsmål.
I tillegg til å drive overvaking av skog og kulturlandskap, skal instituttet òg forske og skaffe fram informasjon om og utvikle metodane for registrering av biologisk mangfald og kulturminne. Instituttet skal ha enkelte oppgåver knytt til internasjonale prosessar og møte, både på skogområdet og i andre samanhengar. Instituttet skal føre vidare langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag. Desse feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga, eit grunnlag for vidare utvikling av eit berekraftig skogbruk og eit grunnlag for kunnskap om skogen si rolle i klimapolitikken.
Geodatatenestene ved instituttet er særleg knytt til produksjon, organisering og forvaltning av data slik at dei inngår i den felles nasjonale infrastrukturen. For å auke samfunnsnytten av instituttet si verksemd skal data frå kartleggingsprogramma og ressursundersøkingane gjerast tilgjengelege for forvaltninga og dei næringsdrivande i form av geodatatenester på internett. Systematisk og langsiktig arbeid med lagring og dokumentasjon av geodata i databasar er føresetnaden for desse tenestene. Instituttet skal i denne samanhengen ta vare på landbruket sine interesser i nasjonale kart- og datasamarbeid slik som Norge digitalt og Geovekst.
Geovekstmidlane skal forvaltast saman med midlar til arealressurskart, markslagskartlegging og flybilete, med sikte på at landbruket skal få rett til å bruke alle kartdata som blir etablert innanfor Geovekst. Her må instituttet ha god kontakt med brukarane som nyttar produkta frå kart- og datasamarbeidet. Saman med vidareføring av satsinga, vedlikehald av arealressurskarta og regelmessig nasjonal omløpsfotografering skal dette vere med på å gi ei god dekning av detaljerte kart og flybilete av jord- og skogbruksareala.
Instituttet skal støtte SSB sitt arbeid med nasjonal arealstatistikk og bidra i internasjonale prosesser for auka samordning av og samhandling om geodata på tema instituttet har ansvar for.
Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning omfattar dei oppgåvene instituttet har i kontakt med brukarar og samfunn, og ein del oppgåver der instituttet gjer særskilte forvaltningsoppgåver for departementet.
Instituttet skal bidra til effektivisering, kvalitetsheving og auka skogeigarmedverknad i skogbruksplanlegginga. Drift og vidareutvikling av database for rapportering av bruk av tilskottsmidlar til skogbruksplanlegging skal halde fram.
Instituttet skal drifte overvakingsprogrammet for skogskadar og samarbeide om utvikling av denne overvakinga internasjonalt. Klimaendringane gir grunn til å halde høg beredskap for å sjå skadar på skog i ei tidleg fase og til å førebyggje mellom anna at nye insekt som gjer skade etablerer seg i Noreg. Instituttet skal derfor drive generell informasjon, rettleiing og rådgiving knytt til patologiske og entomologiske skadar på skog, mellom anna gjennom nordisk samarbeid og informasjon over internett. Det er viktig at instituttet arbeider for å sikre ei effektiv og heilskapleg organisering av skogskadeovervaking og beredskap.
Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høg kompetanse og opptre ryddig i arbeidet med forvaltningsoppgåver. Det er òg viktig at instituttet viser vilje og evne til å ta oppdrag i relevante marknader knytt til forvaltning, rådgiving og konsulent- og informasjonstenester.
Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høge ambisjonar om å formidle konkrete resultat som når ut til dei som kan ha interesse og nytte av resultata, både frå ressursundersøkingar, overvaking og forsking. Det er særleg viktig at instituttet har gode internettsider som gir forvaltning, næring, organisasjonar og allmenta god tilgang til dei produkta instituttet arbeider fram.
Norsk genressurssenter
Arbeidet med forvaltninga av landbruket sine genetiske ressursar er samla i Norsk genressurssenter. Over posten blir det løyvd midlar til drift av senteret og til dei rådgjevande organa her.
Informasjonsverksemd med presentasjon av aktuelle genressurstema gjennom heimesidene til senteret, media og anna, skal framleis ha høg prioritet ved Genressurssenteret.
Genressurssenteret skal arbeide i nær kontakt med Nordisk Genressurssenter (NordGen). Senteret representerar Noreg i internasjonale samarbeidsfora og i mange samarbeidsprogram på nordisk, europeisk og globalt nivå. Senteret skal stå for nasjonal oppfølging av internasjonale avtalar og prosessar på genressursområdet, m.a. rapportering til FAO sin kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk (CGRFA) og Den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk (ITPGRFA).
Genressurssenteret skal òg følgje opp nasjonale handlingsplanar for vern og bruk av genetiske ressursar innanfor kulturplantar, skogtre og husdyr og samarbeider med mange aktørar om dette. Samarbeidet med foredlings- og avlsorganisasjonane om berekraftig avl og foredling og med miljøforvaltninga om in situ bevaring, er viktig.
Det er eit stort potensial for meir aktiv bruk av genetiske ressursar i næringsverksemd og innsatsen på dette arbeidsområdet skal aukast.
Innan alle dei tre sektorane skal kostnadene ved norsk deltaking i dei internasjonale samarbeidsprogramma dekkjast under denne posten.
Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 174 430 | 171 122 | 172 404 |
60 | Tilskott til veterinærdekning | 114 164 | 118 879 | 122 445 |
70 | Tilskott til beredskap i kornsektoren, kan overførast | 109 | 361 | 361 |
72 | Erstatningar, overslagsløyving | 298 | 302 | 302 |
73 | Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar, overslagsløyving | 36 812 | 45 610 | 45 610 |
74 | Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering, kan overførast | 14 628 | 15 096 | 15 096 |
75 | Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt | 1 000 | 1 000 | |
Sum kap. 1143 | 340 441 | 352 370 | 357 218 |
Formål med løyvinga
Statens landbruksforvaltning (SLF) er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og juridiske verkemiddel, kontroll, rådgjeving og dokumentasjon står sentralt. SLF skal bidra til eit heilskapleg vurderingsgrunnlag for landbruks- og matpolitikken.
SLF skal ha oversikt over utviklingstrekk i heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåinga for gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel. SLF skal gi råd på eige initiativ, og rådgivinga skal ha høgt fagleg nivå. Formidling av landbruks- og matpolitikken og formidling av fag- og forvaltningskompetanse til regional og lokal forvaltning skal inngå i dette.
SLF sin verksemdsidé er å gi faglege råd, setje i verk landbrukspolitikken og leggje tilhøva til rette for landbruket og matindustrien.
Hovudmål for verksemda er at SLF skal vere ei brukarretta og effektiv verksemd som innanfor rammene av nasjonal landbruks- og matpolitikk bidrar til å:
sikre ressursgrunnlaget i jord- og skogbruk
sikre verdiskaping og eit konkurransedyktig landbruksbasert næringsliv
SLF sin strategiske plan for perioden 2007 – 2012 inneheld fem strategiar. SLF skal:
fremje verdiskaping i heile verdikjeda
auke bruken av FoU-resultat
kommunisere aktivt, samordna og brukarretta
levere dei brukarretta tenestene elektronisk
vere ein attraktiv arbeidsplass som gir rom for utvikling
Presentasjon av resultatområda
Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk
SLF forvaltar eit breitt spekter av verkemiddel for å fremje næringsutvikling og ivareta miljø- og kulturlandskapsverdiar. På arealområdet vil SLF både forvalte landbrukslovgjeving og ha ei viktig rolle knytt til plan- og bygningslova, samt arbeide med kompetanseheving, informasjon og dokumentasjon. Innanfor området miljø og kulturlandskap er arbeidet med miljøprogram og miljøplanar sentrale oppgåver saman med dokumentasjon av resultat og effektar av miljøinnsatsen. I tillegg bidrar SLF med kompetanse i kartlegging og overvaking av biologisk mangfald i jordbruket sitt kulturlandskap. Forvaltning og utvikling av dei økonomiske verkemidla i skogbruket, erstatningsordningar for landbruket og naturskadeområdet er òg sentrale ansvarsområde. SLF er nasjonal fagmyndigheit på skogområdet og har ansvar for skogbrukslova, tilskottsordningar, skogfondsordninga og resultatkontroll. SLF forvaltar òg verkemiddel for økologisk landbruk for å nå målsetjinga på 15 pst. økologisk produksjon og forbruk.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
SLF forvaltar inntekts- og velferdsordningar, samt produksjonsregulerande verkemiddel med primærprodusentar som målgruppe. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til forvaltning og utvikling av verkemidla innan areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, pristilskott, velferdsordningar, kvoteordninga for mjølk og husdyrkonsesjon. SLF vil arbeide målretta for ein effektiv kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt samla ansvarsområde. SLF har ansvar for sekretariatsfunksjonen for Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Styret for forskingsmidlane over jordbruksavtalen.
Marknadstiltak, handel og industri
SLF forvaltar verkemidla innanfor marknadsordningane for mjølk, kjøtt, egg, grønt, potet og korn. Formålet med ordningane er å sikre avsetning for norske jordbruksråvarer. Omsetningsledd og annan næringsmiddelindustri er dei viktigaste målgruppene. SLF har ansvar for sekretariatsfunksjonen for Omsetningsrådet.
SLF forvaltar importvernet for landbruksvarer gjennom tolladministrering og tollkvotar, ordninga med råvarepriskompensasjon, ordningar for eksportstønad og utanlands tilverking. Ordningane er dels knytt til internasjonale avtalar. Matindustrien og importørar er viktige målgrupper for ordningane. Dessutan er overvaking av marknadane og innhenting av norske og internasjonale prisar viktige oppgåver.
Administrasjon
Oppgåver under administrasjon er knytt til organisasjonsutvikling, personalforvaltning, rekneskapsføring, økonomistyring, beredskap, IKT drift og utvikling og andre fellestenester som sentralbord og arkiv. Dette skal bidra til ei velfungerande verksemd som utnyttar ressursane sine på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester.
Resultatrapport 2009
SLF har i 2009 forvalta ekstra tiltaksmidlar til skogbruksaktivitet som blei stilte til disposisjon for å motverke negative verknader av finanskrisa. Totalt løyvde Stortinget 120 mill. kroner til skog-, energi- og tretiltak gjennom behandlinga av St.prp. nr. 37 (2008-2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid og St.prp. nr. 67 (2008-2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009. Departementet gav SLF i oppdrag å forvalte noko under halvdelen av desse midlane, og utforma to nye ordningar. Midlane blei godt mottekne og gav raske og målretta sysselsetjingseffektar hos utsette grupper i skognæringa. Sjå kapittel 1149, post 71 for ytterligare omtale.
I 2009 har SLF, etter samråd med avtalepartane, godkjent alle regionale miljøprogram (RMP) for perioden 2009–2012. SLF sin gjennomgang viser at RMP for neste periode har fått ei styrkt målretting. Tal for det første søknadsåret i den nye perioden viser at innsatsen for kulturmiljø og kulturminne har auka. For andre kulturlandskapstema ser det ut til at midlar er øyremerkte jordbruksområde med særskilte naturkvalitetar, opplevingsverdiar og andre særpreg, framfor generelle omsyn som opne landskap og liknande. På forureiningssida er det ei sterkare fokusering enn før på tiltak som førebyggjer tap av næringsstoff til vatn.
SLF er sekretariat for Nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak i jordbruket. I 2009 har 13 prosjekt fått til saman 5,2 mill. kroner frå programmet.
I Landbruks- og matdepartementet sin handlingsplan for økologisk produksjon og forbruk, Økonomisk, agronomisk – økologisk!, som blei ferdig i januar 2009, er det gitt viktige rammer for SLFs arbeid med utvikling av økologisk landbruk. SLF har i 2009 arbeidd med ei rad utviklingstiltak for å styrkje produksjonen og omsetnaden av økologiske matvarer, mellom anna gjennom rettleiingsprosjekt, marknadsprosjekt og såkalla heilkjedeprosjekt. Landbruks- og matdepartementet peika i 2009 ut fem føregangsregionar der åtte fylke er med, og desse har ei særleg oppgåve med å bidra til økologisatsinga innanfor eit avgrensa temaområde. SLF har besøkt alle regionane med sikte på å leggje til rette innhald og opplegg for etablering tidleg i 2010.
Det er valt ut 20 ulike kulturlandskap i jordbruket som representerer ulike biologiske og kulturhistoriske verdiar. I desse områda vil det bli inngått langsiktige avtalar med grunneigarane om skjøtsel og drift.
Det er gjennomført ei evaluering av ordninga med investeringsstøtte til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Evalueringa konkluderer med at ordninga i hovudsak gir positive miljøverknader. Ordninga blir ført vidare med nokre justeringar.
Sidan våren 2006 og ut 2009 har SLF hatt motsegnsrett i kommunale arealplansaker. Motsegnsretten har gjeldt i saker der fylkesmannen har foreslått bruk av motsegn med grunngjeving i vern av jordressursar, men der fylkeslandbruksstyret ikkje har følgt opp innstillinga frå fylkesmannen. I 2009 hadde SLF 19 slike motsegnssaker til behandling, fordelt på ni fylke. SLF fremja motsegn i 13 av desse sakene. I heile perioden SLF har hatt motsegnsrett, har SLF hatt 63 motsegnssaker til behandling, fordelte på 14 fylke. SLF fremja motsegn i 46 av sakene. Samla omfattar desse motsegnene om lag 5 200 daa, av dei er ca. 4 500 daa jord som er eigna for kornproduksjon.
I mars 2009 la SLF fram rapporten Verneheimel i jordlova. Verkemiddel for varig vern av dei mest verdifulle jordressursane i landet er her presentert. Formålet med eit slikt vern er å sikre moglegheit for å produsere mat i utvalde jordvernområde kan sikrast for all framtid. Utgreiing av ein slik heimel blei tilrådd av Jordverngruppa i rapporten Klimaskifte for jordvernet frå 2008. Forslaget om verneheimel i jordlova har no vore på høyring.
Våren 2009 førebudde SLF lovendringane i odelslova, konsesjonslova og jordlova som trådde i kraft 1. juli 2009. I løpet av hausten 2009 heldt SLF 1-2-dagarskurs om det fornya lovverket på kommunesamlingar i 12 fylke der til saman ca. 290 kommunar tok del.
SLF har i 2009 samarbeidd med Mattilsynet for å etablere hensiktsmessig forvalting etter konkrete påvisingar av sjukdommane blåtunge og svineinfluensa og for å styrke beredskapen for handtering av ulike scenario ved eventuelle omfattande utbrot av farlege plante- og husdyrsjukdommar.
SLF har i 2009 utgreidd ny forskrift for tilskott til epleprodusentar som får tap som følgje av angrep av rognebærmøll og levert utgreiing av behovet for endringar i erstatningsordningane etter klimabetinga skader i grønnsaksproduksjonane.
SLF har utarbeidd faglege utgreiingar og grunnlagsdokumentasjon til jordbruksoppgjeret i 2009. Det er særleg merksemd omkring forbetringar i verkemiddelsystemet for brukar og forvaltning, samt tilpassing av regelverket med tanke på betre måloppnåing.
I 2009 har SLF arbeid med vidareutvikling av meir brukarvennlege løysingar og kvalitet knytt til søknad, saksbehandling og kontroll, samt utbetaling av tilskott. I dette perspektivet er samarbeidet med Norsk institutt for skog og landskap om å etablere eit oppdatert kartverk for jordbruksareala viktig. Ved utgangen av 2009 var slikt kartverk med tilhøyrande jordregister produsert for 341 kommunar og av disse hadde 182 kommunar eit kvalitetssikra digitalt kartverk til bruk i arealkontrollen.
I 2009 er det gjennomført risikovurderingar av om lag 90 ordningar som eit av fleire grunnlag for kontrollverksemda dei nærmaste åra. Kontrolleininga i SLF følgjer opp at fylkesmennene utfører det regionale kontrollansvaret på ein god måte. Den samla kontrollaktiviteten auka i 2009.
SLF har i 2009 utført arbeid i samband med WTO-forhandlingane, forhandlingar med EU og frihandelsavtalene under EFTA. Hausten 2008 blei det nettbaserte systemet Import av landbruksvarer sett i drift. Ved utgangen av 2009 ble 75% av importsøknadane levert elektronisk.
Ordninga råvareprisutjamning for bearbeida jordbruksvarer blei revidert. Fire forskrifter blei erstatta med éin. Det blei gjennomført ei omlegging og forenkling, som bl.a. resulterte i at grunnlaget for kontroll blei betra.
I 2009 har arbeidet på IKT-området vore konsentrert om aktivitetar som bidrar til gevinstar og betra tenester for brukarane, tiltak for å redusere risikoen for driftsavbrot og ustabilitet og aktivitetar som bidrar til å redusere IKT-kostnader og forenkle vedlikehaldet.
I 2009 har SLF omorganisert og redusert med ei avdeling. Oppgåvene er flytta til dei fire gjenståande avdelingane og omorganiseringa har sikra ei meir effektiv ressursutnytting.
I 2009 har SLF revidert beredskapsplanane på dei ulike områda og gjennomført ei sårbarheitsvurdering ved 15 pst. og 40 pst. fråver som følgje av pandemisk influensa.
I 2009 gjekk SLF over til fullelektronisk arkiv.
Av post 60 Tilskott til veterinærdekning blei det i 2009 utbetalt 4,3 mill. kroner i administrasjonstilskott til kommunane for å administrere ordninga med kommunal veterinærvakt. For å dekkje kostnader til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid, blei det utbetalt 98,7 mill. kroner. I stimuleringstilskott blei det i 2009 utbetalt 11,2 mill. kroner.
Av post 73 Tilskott til erstatning m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar blei det i 2009 mellom anna gjort utbetaling av erstatning etter påvising av pærebrann i ein planteskule i Rogaland, skadegjeraren jordbærsvartflekk, klassisk skrapesjuke på sau i Rogaland og etter utbrot av aviær influensa hos fjørfe, blåtunge på storfe og paratuberkolose på sau.
Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering blei i 2009 brukt til utvikling av nye sortar engvekstar, poteter, frukt, bær og grønsaker. Graminor AS fekk godkjent 2 eigne plantesortar og 6 utanlandske sortar til bruk i Noreg i 2009.
Nærmare omtale av aktiviteten i SLF i 2009 finn ein i årsrapporten for 2009 på www.slf.dep.no.
Budsjettframlegg 2011
I 2011 vil det vere viktig å utvikle verksemda vidare. For å nå måla som er sette, blir det viktig å gjennomføre strategiane som er lagt til grunn.
Ein viktig del av arbeidet med å utvikle SLF vidare er knytt til IKT-området. Det er nødvendig å halde fram satsinga på IKT for å auke tilgjenge og service i tenesteytinga overfor brukarane. Viktige brukargrupper som bønder og næringsmiddelindustri ønskjer at det skal vere mogleg å kommunisere elektronisk med SLF når dei måtte ønskje det. Bruk av IKT vil bidra til dette og inneber ei betre forvaltning for brukarane av tenestene. Innhenta og lagra data er òg ein viktig ressurs i SLF sin informasjon til forvaltning, næring og samfunn.
Under følgjer ei nærmare omtale av viktige oppgåver innanfor dei enkelte resultatområda i 2011:
Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk
SLF har gjennom rolla som nasjonal skogmyndigheit fått fleire skogoppgåver enn tidlegare og skal no ivareta dei fleste økonomiske og juridiske verkemidla på skogområdet.
Informasjonstiltak og beredskapsoppgåver er delar av desse oppgåvene. I tillegg kjem viktige utgreiingsoppgåver som skal gjennomførast. Ordninga med tilskot til uttak av energiflis som blei innført som tiltakspakke under finanskrisa skal vidareførast. Rolla til skogen i klimasamanheng vil og medføre nye oppgåver for SLF i 2011.
Erstatning for klimavalda skader er i 2009 og 2010 gjennomgått med målretting, forenkling og brukarretting som formål. SLF må i 2011 tilpasse rettleiingsmateriell m.v. og søknads- og sakshandsamingssystemet til regelendringane. Nye erstatningsreglar vil gjelde for avlingssesongen 2011.
På området klima og miljø vil det bli behov for auka ressursinnsats i 2011 og åra framover, jf. òg omtale i kat. 15.30. Oppgåvene vil gjelde utgreiing og utvikling av tiltak på klimaområdet, særleg knytt til jord, gjødsling, husdyrgjødsel. Det er òg behov for auka ressursinnsats for oppfølging av direktivet for vatn, oppfølging av arbeidet som skjer på direktoratsnivå og tilrettelegging for auka involvering av landbruksfagleg kompetanse på regionalt og lokalt nivå.
På arealområdet og innanfor det juridiske området vil SLF jobbe for å styrkje utgreiings- og rådgjevarrolla overfor departementet og å ivareta rolla som samarbeidspartnar på direktoratsnivå med andre sektorar. SLF vil vidareutvikle rolla som nasjonal fagmyndigheit for odelslova, konsesjonslova og jordlova, mellom anna gjennom utstrakt foredragsverksemd og anna rettleiing.
SLF skal leggje til rette for utvikling av økologisk landbruk og omsetning av økologiske produkt retta mot målet om 15 pst. produksjon og forbruk innan 2020. Marknaden for økologiske matvarer har stagnert den siste tida. Viktige oppgåver framover vil derfor vere å leggje til rette for auka marknadsaktivitet og tiltak i verdikjeda. I 2011 vil viktige oppgåver for SLF vere oppfølging av føregangsfylke for fremje av økologisk produksjon og å leggje til rette for auka forbruk av økologiske matvarer i offentleg verksemd.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
Innspel til målretting og forbetringar av dei økonomiske og juridiske verkemidla over jordbruksavtalen er òg viktig i 2011.
I 2011 vil SLF leggje vekt på å vidareutvikle den nettbaserte forvaltninga av tilskott og kvoteordninga for mjølk med sikte på å bli meir brukarvennleg og auke kvaliteten i forvaltninga. Hensikta er at produsentane i aukande grad skal nytte nettløysingane og at kommunar og fylkesmenn skal nytte nettbaserte saksbehandlingssystem.
Ein effektiv og kvalitativ god kontroll er viktig for næringslivet, for tilliten til forvaltninga og legitimiteten til landbrukspolitikken. SLF vil vidareføre arbeidet med målretta kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt ansvarsområde. Vurderingar av risiko og vesentlegheit er grunnlaget for kontrollverksemd ved SLF. Erfaring viser at auka merksemd på kontroll avdekkjer fleire brot på regelverk og feil frå søkjar. Oppfølging og opplæring av fylkesmannsembeta med omsyn på deira kontrollverksemd vil vere viktig.
Marknadstiltak, handel og industri
SLF vil i 2011 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer. Å sikre like konkurransevilkår for aktørane i prisutjamningsordninga for mjølk vil vere ei prioritert oppgåve. SLF vil som tidlegare følgje opp det rekneskapsmessige skiljet mellom Tine Råvare og Tine Industri, slik at alle aktørar blir sikra lik pris på råvara mjølk.
SLF vil vidareføre arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA). Marknadsovervaking med rapportering og analyse av nasjonale og internasjonale marknader for jordbruksråvarer er viktig.
SLF vil halde fram med å følgje nøye med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien).
I 2011vil SLF leggje vekt på å vidareutvikle den nettbaserte forvaltninga av ordningar retta mot næringsmiddelindustrien, og da i første rekkje RÅK-ordninga og prisutjamningsordninga for mjølk med sikte på å bli meir brukarvennleg og auke kvaliteten i forvaltninga.
Administrasjon
I 2011 vil SLF arbeide med vidareutvikling og effektivisering av datasystema, under dette sikkerheit knytt til systema og tilbod til brukarane om nye elektroniske tenester via SLFs internettsider og Altinn. Den auka merksemda på å modernisere eldre datasystem og lage meir effektive tenester med sikte på å redusere risiko og sikre stabil drift vil halde fram.
I 2011 vil SLF vidareføre arbeidet med sikkerheit med implementering av sikkerheitspolicy. Holdningsskapande arbeid vil ha ei spesiell merksemd.
Beredskapsarbeidet vil òg vere eit viktig område i 2011.
SLF vil halde fram med det generelle arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.
Merknader til dei enkelte postane
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje SLF sine driftsutgifter. For å kunne oppretthalde nødvendig fleksibilitet, vil det framleis vere aktuelt å belaste tilskottsordningane under kap. 1150 med visse utgifter, særleg av utviklings- og utgreiingskarakter, ved evalueringar m.m.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 172,4 mill. kroner.
Post 60 Tilskott til veterinærdekning
Formålet med tilskottet er å medverke til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet vil bli gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar).
Hovuddelen av den foreslåtte løyvinga på posten, om lag 106 mill. kroner, vil bli nytta til å dekkje kostnader til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane vil bli fordelte mellom kommunane ut i frå rammeavtalen mellom KS og Den norske veterinærforening.
Framlegget til løyving omfattar òg om lag 12 mill. kroner som kommunane kan nytte til stimuleringstiltak for å sikre generell tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane i landet vil fylle kriteria for å kunne søkje midlar frå denne delen av løyvinga. Ordninga vil bli lagt opp slik at midlane vil bli prioritert til kommunar som legg planar for gode, lokale løysingar.
I framlegget er det òg lagt inn om lag 4,5 mill. kroner til administrative kostnader for kommunane. Midlane vil bli delt likt mellom alle kommunane.
Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren
Beredskapsordninga for mjøl til bakeribransjen i områda frå Ofoten/Vestfjorden og nordover byggjer på avtaler mellom handelsmøllene og SLF. I avtalen forpliktar handelsmøllene seg til, i tillegg til eigne driftslager, å halde eit beredskapslager av kornbaserte råvarer tilsvarande 20 dagars sal til bakeria i området. Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 361 000 kroner for 2011.
Post 72 Erstatningar
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 302 000 kroner som skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999. Dei årlege erstatningane på posten blir i tråd med Trollheimenskjønnet oppjusterte kvart femte år, og blei justert i 2009.
SLF sette i 2010 fram tilbod til erstatningsmottakarane om eingongserstatning for å forenkle administrasjonen av erstatningane. 12 av grunneigarane aksepterte tilbodet og har fått utbetalt eingongserstatning.
Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar
Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal òg dekkje meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sette i verk som følgje av for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.
Forureininga etter atomulukka i Tsjernobyl skaper framleis problem for beitebruket enkelte stader i Midt-Norge. For å motvirke dette nyttar ein stoffet Giesesalt som tilsetningsstoff til fôr for å redusere opptaket av radioaktivet cesium i dyr på beite. Ved Stortingets handsaming av Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010 er det gitt fullmakt til at SLF kan inngå avtale om kjøp av Giesesalt for ein periode på inntil 6 år. Innkjøpet blir finansiert over posten og er rekna til om lag 4 mill. kroner anna kvart år. Utgiftene til fornya godkjenning av stoffet vart også dekt over posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 45,6 mill. kroner i 2011.
Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering
Formålet med tilskottet er å medverke til at norsk landbruk har tilgang på plantemateriale som er kontrollert for skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Departementet tek med tilskottet òg sikte på å medverke til utvikling av plantemateriale som gir produktivitetsauke i landbruket, betre produktkvalitet, og som tek omsyn til miljøet og endringar i klimaet. Løyvinga omfattar òg oppgåver innan planteforedlingsforsking.
Tilskottet blir gitt Graminor AS, som har ansvar for å sikre tilgang til klimatilpassa og sjukdomsfritt sortsmateriale i norsk jord- og hagebruk gjennom eiga foredling eller gjennom tilgang til utanlandsk sortsmateriale av korn, engfrø, potet, frukt og bær. For vekstar med mangeårig produksjonsperiode som frukt, bær og til dels engvekstar er det i liten grad etablert marknadsordningar som gir foredlar tilstrekkeleg inntekt sjølv om verdien av nye sortar er stor. Den norske marknaden er liten og spesialisert, og produksjonen er fragmentert. Derfor er det nødvendig med eit tilskott til nasjonal foredling. SLF har, etter retningslinjer fastsett av Landbruks- og matdepartementet, forvaltningsansvar for midlane som blir gitt som tilskott etter søknad frå Graminor AS.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 15 mill. kroner i 2011 for å styrke arbeidet med å sikre landbruket tilgang på sortsmateriale som er tilpassa endringar i klimatilhøva, jf. St. meld. nr. 39 (2008-2009) og ønskje om å halde foredlingsarbeidet på eit høgt nivå. Tilskottet er viktig for at bøndene framleis skal kunne bruke formeringsmateriale gratis og ikkje måtte betale for å bruke eige formeringsmateriale, og er tilpassa eksisterande lov om planteforedlarrett.
Post 75 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beitenekt
Dyrevelferdslova blei vedteken i 2009, og trådde i kraft 1. januar 2010. Departementet har fastsett forskrifter med heimel i lova. Løyvinga på posten skal nyttast til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, med heimel i lova, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 1 mill. kroner for 2011.
Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsinntekter m.m. | 36 994 | 34 551 | 35 622 |
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 550 | ||
Sum kap. 4143 | 40 544 | 34 551 | 35 622 |
Post 01 Driftsinntekter m.m.
Posten gjeld driftsinntekter som SLF har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetningsrådet og Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten. Det er budsjettert med om lag 35,6 mill. kroner i inntekter for 2011.
Kap. 1144 Regionale og lokale tiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
77 | Regionale og lokale tiltak i landbruket, kan overførast | 5 721 | 4 292 | 6 592 |
Sum kap. 1144 | 5 721 | 4 292 | 6 592 |
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å:
bidra til desentralisering av ansvar og myndigheit til kommunane på landbruksområdet
styrkje Fylkesmannen sin rolle som kompetansesenter for kommunane
styrkje Fylkesmannen og kommunane sin innsats på miljø- og ressursforvaltning og næringsutvikling
Resultatrapport 2009
I 2009 blei 5,7 mill. kroner nytta til kommuneretta og miljø- og ressursbevarande arbeid.
Også i 2009 blei tilskotta til kommuneretta arbeid nytta til å sikre god dialog mellom Fylkesmannen og den politiske og administrative leiinga i kommunane og til kompetansehevande tiltak for den kommunale landbruksforvaltninga. I tillegg har løyvinga blitt nytta til samarbeidsavtala med KS (kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgivarorganisasjon). Avtala med KS har ført til gode samarbeidsarenaer, både sentralt og regionalt. Synleggjering av landbruket som ein del av heilskapen i kommunane sitt samfunnsutviklararbeid har vore vektlagt. Kommunane rapporterar på forvaltning av landbruksareal etter jordlova, plan- og bygningslova, konsesjonslova og odelslova gjennom KOSTRA. Det har blitt nytta midlar til vidareutvikling og oppfølging av dette rapporteringssystemet. Det blei òg løyvd midlar til kompetanseheving i samfunnsplanlegging via KS-prosjektet Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS). Det blei løyvd midlar til å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn i fylke med mykje avrenning. Vidare blei det gitt midlar til Fylkesmannen i Rogaland, Hordaland, Vest-Agder og Aust-Agder sitt samarbeidsprosjekt for utvikling av eit kompetansegivande studium for tilsette i kommunal landbruksforvalting. Det blei òg gitt midlar til arbeidet med å sikre kontakta med Russland gjennom prosjektet Økt kontakt med Russland.
Budsjettframlegg 2011
Departementet gjer for 2011 framlegg om ei løyving på 6,6 mill. kroner. Budsjettauken må sjåast i samanheng med at det er ført over 2,3 mill. kroner frå kap. 1112 post 52 Støtte til fagsentra, Bioforsk til det femårige utviklingsprogrammet for fjellregionen (Alvdal, Folldal, Tolga, Os i Hedmark, Tynset, Rendalen og Røros). Programmet blei etablert i 2009, og løyvinga er eit tilskott for næringsutvikling med hovudvekt på å utvikle småfenæringa i regionen. Midlane blir disponerte av Fylkesmannen i Hedmark.
Det vil òg for 2011 bli sett av midlar til å styrkje samhandlinga og dialogen med kommunane på landbruksområdet. Det blir òg foreslått løyvd midlar til å vidareføre samarbeidet med KS. Løyvinga til KS-prosjektet Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS) og tilskottet til arbeidet med kommunane si KOSTRA-rapportering vil bli vidareført. Det vil framleis bli sett av midlar til Fylkesmannen sitt arbeid med rovviltforvaltning og rammedirektivet for vatn.
Kap. 1147 Reindriftsforvaltninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 42 422 | 39 519 | 41 289 |
45 | Store utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 6 860 | 6 958 | 6 958 |
70 | Tilskott til fjellstover | 666 | 702 | 702 |
71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast | 9 880 | 10 304 | 8 904 |
82 | Radioaktivitetstiltak, kan overførast | 2 179 | 2 500 | 2 500 |
Sum kap. 1147 | 62 007 | 59 983 | 60 353 |
Formålet med løyvinga
Reindriftsforvaltninga er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale reindriftspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. Reindriftsforvaltninga har ei sentral rolle i gjennomføringa av reindriftspolitikken, og det er lagt opp til at forvaltninga i vesentleg grad òg skal ha ei rådgjevande rolle. Reindriftsforvaltninga skal leggje til rette for og arbeide aktivt for at måla i reindriftspolitikken blir nådde. Reindriftsforvaltninga forvaltar reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen. Reindriftsforvaltninga er òg sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret og områdestyra.
Når det gjeld dei overordna reindriftspolitiske måla, vidarefører departementet dei seks resultatområda som Reindriftsforvaltninga arbeider etter.
Ressursforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal på bakgrunn av mellom anna grunnlagsdata om utviklinga i lavbeita, slaktevekter og klimatiske og driftsmessige forhold medverke til naudsynte tiltak som gir ein tilpassa reinbestand, samt kontrollere at rammene for bruk av beiteressursane blir haldne.
Arealforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal halde fram arbeidet med å dokumentere reindrifta sin arealbruk, og med å sikre tilgang til nødvendig areal. Reindriftsforvaltninga skal arbeide for auka forståing av reindrifta sin bruk av areal og då serleg blant arealplanleggjarar i kommunar og fylkeskommunar. Vidare er det viktig å få gjort planleggjarane medvitne på sitt ansvar på alle nivå i samsvar med dei pliktene desse òg har etter Grunnlova §110 a og folkeretten sine reglar om urfolk og minoritetar.
Reindriftsbasert næringsutvikling
Reindriftsforvaltninga skal medverke til utnytting og utvikling av reindrifta basert på prinsippet om ei berekraftig reindrift. Å bidra til auka produksjon og lønnsemd for den enkelte reindriftsutøvar står sentralt. Dette må sjåast i samanheng med arbeidet med ressursforvaltning og med dei inntekts- og velferdspolitiske tiltaka retta mot reindrifta.
Tilskottsforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal medverke til ei effektiv og trygg forvaltning, eit enklare og betre regelverk for tilskottsordningane og betre forståinga av innhaldet i verkemidla. Dei ulike verkemidla må sjåast i ein samanheng slik at ein oppnår størst mogleg effekt.
Samhandling – informasjon
Reindriftsforvaltninga skal samarbeide med andre offentlege institusjonar og då i særleg grad med miljøforvaltninga og Sametinget. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom Reindriftsforvaltninga og næringa sine representantar for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som grunnlag for å nå målet om ei berekraftig reindrift.
Internadministrasjon
Reindriftsforvaltninga skal vere omstillingsdyktig og formålseffektiv og ha eit kostnadseffektivt rettleiings- og styringsapparat internt og overfor den enkelte reindriftsutøvar.
Resultatrapport 2009
Ressursforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal medverke til å sikre ressursgrunnlaget for ei berekraftig reindrift. Dette omfattar til dømes at forvaltninga i samarbeid med næringa skal utgreie og fastsetje vilkår, drive rettleiing for å leggje til rette for god avkastning og føre kontroll med at vilkår blir overhaldne.
I oppfølginga av ny reindriftslov har Reindriftsforvaltninga i 2009 prioritert å få utarbeidd og godkjent bruksreglar for alle reinbeitedistrikta. Det har vore formidla informasjon om lova sine føresegner. Fleire distrikt har fått bistand med utarbeidinga av bruksreglane. Forvaltninga har òg utarbeidd ein intern rettleiar til bruk for førebuing av saker til styringsorgana. I 2009 har 52 av 76 reinbeitedistrikt levert bruksreglar for handsaming i områdestyra. Dette utgjer om lag 69 pst. av alle reinbeitedistrikta. Ingen av bruksreglane har fått stadfesta talet på rein av Reindriftstyret i 2009. I dei tilfella der reinbeitedistrikta ikkje har levert inn bruksreglar, har områdekontora sendt purring og orientert om den vidare oppfyljinga frå styret. Enkelte distrikt sine bruksreglar er blitt sendte i retur med krav om justeringar innanfor ny fastsett frist.
I samanheng med ressursforvaltninga blir det òg gjennomført driftskontroll, konfliktløysingar og kontroll av avtaletiltak. Dette er omfattande oppgåver som krev vesentlege menneskelege og økonomiske ressursar.
Ressurssituasjonen og førekomsten av rovdyr påverkar i vesentleg grad driftstilhøva i reindrifta. Det er derfor viktig med eit nært samarbeid mellom rovdyrforvaltninga og reindriftsforvaltninga i dei ulike regionane. Arbeidet skjer fortløpande gjennom innsamling av data om talet på rein, tap, beitebruk, ressurssituasjonen m.m. Når det gjeld reindrifta sine oppgitte tap i Melding om reindrift, har forvaltninga gjennomført ei kvalitetssikring før oversending til Fylkesmannen. Vidare har forvaltninga vurdert beite- og driftstilhøva for den enkelte sida, og påpeika faktorar som har hatt følgje for rovdyrtapa. Reindriftsforvaltninga søkjer å ha nær kontakt med dei regionale rovdyrnemndene for å få belyst reindrifta sine utfordringar når det gjeld rovdyr på ein mest mogeleg korrekt måte.
I løpet av dei siste 25 åra har det vore stor merksemd kring tilstanden på lavbeita på Finnmarksvidda. På bakgrunn av den kritiske lavbeitesituasjonen, og for å skaffe kunnskapsgrunnlag for den framtidige forvaltninga av lavbeita, sette Reindriftsforvaltninga i verk eit overvakingsprogram i 1998. Programmet har omfatta både felt- og satellittregistreringar av lavbeita og er blitt gjennomført av Norsk institutt for naturforsking (NINA) og NORUT. Siste kartleggjing og registrering blei gjennomført i 2006. Så langt viser resultata ein ny trend med ei viss positiv utvikling på lavbeita i delar av Finnmark. Nye granskingar av lavbeita starta i 2009 med registreringar frå satellitt.
I alle seks reinbeiteområda er det oppretta vernebuingsutval med representantar frå områdestyra i reindrifta, Mattilsynet og representantar frå næringa. Det har i 2009 ikkje vore nødvendig med tiltak vedrørande beite- og driftstilhøva i næringa.
Forureining etter Tsjernobyl-ulykka i 1986 legg framleis føringar for store delar av reindrifta sør for Saltfjellet. Måling av høge verdiar inneber framleis behov for nedfôring og kassasjon. Dette viser at det er behov for kontinuerleg merksemd om problemet og at ein er førebudd på at radioaktivitet i reinkjøtt vil vere eit problem i reindrifta i mange år framover.
Arealforvaltning
Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har akselerert dei siste tiåra, og det er nødvendig å sikre reindrifta sine areal betre. Dette gjeld særleg dei areala som er avgjerande for ei berekraftig reindrift.
Reindriftsforvaltninga har eit ansvar for å ivareta reindrifta sine arealinteresser i den allmenne arealforvaltninga. Ein vesentleg del av ressursane ved forvaltninga går med til denne type saker. Mykje av arbeidet blir utført gjennom prosessar som kommuneplanleggjing, reguleringsarbeid, konsesjonssaker med meir. Reindriftsforvaltninga har arbeidd med å auke reindrifta sin innverknad gjennom dei verkemidla som styrer arealbruken. Det er gitt innspel ved endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken og ein har delteke i styrings- og referansegrupper med sikte på å få fram reindrifta sine interesser. I tillegg har forvaltninga utarbeida ein rettleiar for reindrift og planlegging etter plan- og bygningsloven, samt ein rettleier om konsekvensutgreiingar i reindriftsområda.
Reindriftsforvaltninga har arbeidd vidare med å utvikle ein metode for å verdiklassifisere reindrifta sine areal. I samanheng med dette arbeidet blir det gjennomført ein revisjon av arealbrukskarta for alle reinbeitedistrikta. Gjennom partnarskap i Noreg Digitalt vil arealbrukskarta bli lett tilgjengeleg for andre etatar.
Landbruks- og matdepartementet har framforhandla reinbeiteavtaler med grunneigarar i Rørosregionen for dei områda reindrifta ikkje er tilkjent rett til beite gjennom Høyesteretts dom i Aursundensaken og i Korssjøfjellsaken. I 2009 har forvaltninga effektuert avtalen for hovuddelen av det område som ligg nord for Aursunden.
Reindriftsforvaltninga har delteke i dialogprosjektet Felles politikk for fjellområda, der temaet er reindrift og arealplanlegging. Prosjektet er i regi av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag. Målet er å betre den gjensidige forståinga og dialogen med sikte på å skape betre grunnlag for sams politikk for fjellområda. Resultata frå prosjektet gjer ein del interessante røynsler som kan kome til nytte i andre reinbeiteområde.
Reindriftsbasert næringsutvikling
Gjennom samarbeid med ei rekkje aktørar har Reindriftsforvaltninga hatt ei sentral rolle i arbeidet med å få til auka slakting og omsetning av reinkjøt. Prisen på kjøt til reineigar har auka med 6,5 pst. frå 2008 til 2009.
Reindriftsforvaltninga kartla i 2008 slakteri- og vidareforedlingsanlegg i Finnmark. Dette arbeidet vart vidareført i resten av landet i 2009. Formålet med denne kartlegginga var å få oversikt over slakterikapasitet og kva for moglegheiter som allereie eksisterer for auka verdiskaping i næringa. Kartlegginga viste mellom anna at slaktekapasiteten i Finnmark er tilstrekkeleg for å få slakta dagens produksjon.
For å styrkje kvinna sin posisjon i reindrifta, er det frå og med Reindriftsavtalen 2001/2002 øyremerka 1 mill. kroner årleg til kvinneretta tiltak. Føremålet med satsinga er å sikre og auke kvinner si deltaking i reindrift og reindriftsrelaterte aktivitetar, leggje tilhøva til rette for yrkesmessig likeverd mellom menn og kvinner i næringa, sikre at kvinner er med på å styrkje og vidareutvikle det samiske kulturinnhaldet i næringa, samt hjelpe til å synleggjere kvinner si verdiskaping i reindriftsnæringa.
Forvaltninga har hatt observatørstatus i Kontaktutvalget for reinkjøttomsetning (KRO). Ein sentral oppgåve for dette forumet var å gi råd til ulike marknadstiltak. Innanfor gitte økonomiske rammer har forvaltninga fylgt opp forslaga frå KRO og effektuert dei råd som er blitt gitt.
Frå Reindrifta sitt Utviklingsfond (RUF) er det overført 2 mill. kroner til Samisk utviklingsfond. Midlane er nytta til binæringar knytt til reindrift. Når det gjeld Verdiskapingsprogrammet for rein, har Reindriftsforvaltninga arbeidd aktivt for ei positiv samhandling med reindriftsnæringa og Innovasjon Norge i gjennomføringa av programmet.
Tilskottsforvaltning
Reindriftsforvaltninga har utarbeidd rettleiingsmateriell og interne saksbehandlingsrutinar i høve til søknader om tilskott. Det er arbeidd aktivt for at reindriftsutøvarane kan innlevere tilskottssøknadane elektronisk. I 2009 var det 28 pst. av søkarane som leverte elektronisk søknad. Dette var ein reduksjon på 23 pst. i forhold til året før. Reduksjonen har sin årsak i utfordringar knytt til nytt datasystem.
For å kontrollere talet på rein er det gjennomført offentlege teljingar av rein i Aust-Finnmark, Vest-Finnmark og Nord-Trøndelag. Der talet på rein ikkje har vore i samsvar med oppgitte tal i Melding om reindrift er det satt inn tiltak.
Ordninga med konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift er administrert av Innovasjon Norge sitt kontor i Tromsø. I 2009 ble det fordelt midlar til 15 ulike konfliktførebyggjande tiltak.
I 2009 vart det gitt støtte til 12 forskingsprosjekt med eit samla beløp på 3,8 mill. kroner. Ein større del av prosjekta som blei gitt støtte inneheld tema som er direkte relatert til drift og produksjon, arealinngrep, verdiskaping og klimaendringar sin verknad på reindrift. Det er vidare gitt støtte til opplæringsprosjekt om bevaring og bruk av reindriftskvinners tradisjonelle kunnskap.
Samhandling – informasjon
I 2009 har Reindriftsforvaltninga halde fram med ein direkte og aktiv informasjonsstrategi med mål om å skape tillit og forståing i næringa. Reindriftsforvaltninga ser dette som avgjerande for å nå målet om ei berekraftig reindrift.
I 2009 har mykje av informasjonen frå Reindriftsforvaltninga til reindriftsnæringa handla om ny reindriftslov og utarbeidinga av bruksreglar.
Reindriftsnytt er utgitt i 4 nummer i 2009. Magasinet har om lag 1 500 abonnentar og vender seg til reindriftsutøvarar og forvaltning i og rundt reindriftsnæringa. Ein del av artiklane er omsette til nordsamisk.
Reindriftsforvaltninga si internettside www.reindrift.no blir oppdatert kontinuerleg. I tillegg til nyhendesaker finst mellom anna alle publikasjonar, verkemiddel, postlister, reindriftskart, reinmerkeregister og søknadsskjema frå forvaltninga på nett. Informasjonen blir publisert både på norsk og nordsamisk. Reindriftsforvaltninga utarbeider og gir ut Ressursregnskapet og Totalregnskapet for reindrifta. Ressursregnskapet er forvaltninga sin årlege rapport om ressurssituasjonen i næringa. Totalregnskapet for reindriftsnæringa syner kva for verdiar som blir skapte i næringa samla sett ved bruk av produksjonsfaktorane arbeid og kapital.
Internadministrasjon
Reindriftsforvaltninga har dei siste åra hatt stor merksemd omkring kompetanseutvikling i forvaltninga. I 2008 starta Reindriftsforvaltninga ein organisasjons- og leiarutviklingsprosess. Denne prosessen er vidareført i 2009. I 2009 er det fokusert på innføring av mål- og resultatstyring og leiarutvikling. Vidare inneheld programmet tema som medarbeidarutvikling, teamkompetanse, medarbeidarsamtaler, samhandling og miljø, samt styrking av ei samla forvaltning.
Vidare har det i 2009 vore gjennomført diverse eksterne og interne kurs og opplæring for medarbeidarane i forvaltninga. Tema strekker seg frå kurs i arkivlova, offentleglova, forvaltningslova og ny planlov til reindriftsrelaterte kurs.
Budsjettframlegg 2011
Budsjettframlegget er retta inn mot dei seks resultatområda som reindriftsforvaltninga arbeider etter.
Ressursforvaltning
Reindriftslova er basert på at reindrifta er avhengig av dei biologiske ressursane på beiteareala, og at tilgangen til og bruken av desse må vere berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Godkjente bruksreglar vil utgjere fundamentet i ressursforvaltninga framover, og vere ein føresetnad for at ei rekkje av lova sine reglar skal komme til bruk. I dei tilfella distrikta ikkje følgjer opp i samsvar med godkjente bruksreglar skal forvaltninga setje inn tiltak.
I dei siste åra har enkelte distrikt i fleire reinbeiteområde hatt ein låg produksjon. I Finnmark indikerer det høge reintalet i enkelte område at ressurssituasjonen her framleis er kritisk. Andre årsaker til lav produksjon inneber mellom anna høge tap til rovdyr, sjukdom og vedvarande dårlege klimatiske vilkår på vinterbeite. Det er nødvendig med auka kunnskap om dei ulike årsakene til tap i reindrifta, og om samspelet mellom desse. Av den grunn er det såleis viktig at forvaltninga bidrar aktivt til å auke kunnskapsgrunnlaget om tapa. Vidare er det viktig å fortsetje arbeidet med å stimulere til auka slakting, samt til ein reduksjon av reintalet i Finnmark. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, skal forvaltninga fortsetje med å hente inn og gjere tilgjengeleg nødvendige grunnlagsdata mellom anna om beitetilhøva og slaktevekter.
Arealforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal halde fram med å etablere nettverk og alliansar med andre offentlege organ og gjere desse kjende med reindrifta sine behov for samanhengande areal, samt konsekvensane for reindrifta av ulike tiltak innanfor reinbeiteland. Vidare skal forvaltninga arbeide aktivt for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og gjere denne kjent for kommunar og fylke.
Reindriftsforvaltninga skal vere ein aktiv pådrivar med omsyn til endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken. Vidare skal forvaltninga satse på auka kompetanse rundt det gjeldande regelverket mellom eigne tilsette, representantar i reindrifta sine styringsorgan og hos reindriftsutøvarane.
Reindriftsforvaltninga skal ferdigstille arbeidet med å få verdiklassifisert reindrifta sine areal, og gjere dei oppdaterte arealbrukskarta lett tilgjengeleg via internett.
I samband med at det er etablert ein metode for konfliktvurdering av særskilde område ved vindkraftutbygging, skal Reindriftsforvaltninga fortløpande utarbeide ei tematisk konfliktvurdering knytt til reindrift av melde og omsøkte vindkraftprosjekt.
Forhandlingane om reinbeiteavtalar nord for Aursunden og i Korssjøfjellet i Røros kommune er sluttført. Reindriftsforvaltninga skal bidra i oppfølginga av avtalene.
Forhandlingane med Sverige om ein ny reinbeitekonvensjon er sluttført. Konvensjonen har vært på høring. Reindriftsforvaltninga skal hjelpe til ved ei effektuering av den nye konvensjonen.
Reindriftsbasert næringsutvikling
Reindriftsforvaltninga skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta. Reindriftsforvaltninga skal stimulere næringa til auka produksjon og produksjonsoptimalisering. Saman med næringa sine organ og andre aktørar, skal forvaltninga medverke til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein formålstenleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. I samband med dette skal forvaltninga i nært samarbeid med Innovasjon Norge arbeide for at verkemidla frå høvesvis Reindrifta sitt utviklingsfond og Verdiskapingsprogrammet for reindrift blir sett i samanheng, slik at den samla effekten blir størst mogeleg. Ei viktig oppgåve for forvaltninga er å skape heilskap og samspel i verdikjeda. Det er derfor naudsynt å prioritere fellestiltak i reindrifta framover. I samband med dette må røynslene frå kartleggjing av slakte- og foredlingsanlegg i dei ulike reinbeiteområda stå sentralt ved utarbeiding av strategiar og handlingsplanar for høvesvis RUF og VSP-rein. Reindriftsforvaltninga skal arbeide aktivt for å synleggjere kvinnene sin innsats og leggje til rette for å styrkje kvinner si stilling i reindrifta. I tillegg skal Reindriftsforvaltninga vidareutvikle arbeidet med å vurdere effektane i eit likestillingsperspektiv av nye og gamle tiltak. Ein særleg viktig faktor i likestillinga er rekruttering til næringa.
Reindriftsforvaltninga er sekretariat for Reindrifta sitt marknadsutval. Forvaltninga skal sikre gjennomføringa av møta i utvalet, samt nødvendig oppfølging av bruken av midlane.
Tilskottsforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal medverke til at tilskottsordningar blir forvalta effektivt og trygt, samt blir nytta systematisk for å oppnå høgare verdiskaping gjennom eit enklare og betre regelverk. Rettleiingsmateriellet skal gjerast kjent både på norsk og nordsamisk. Reindriftsforvaltninga skal sørgje for å føre vidare arbeidet med å leggje til rette for elektroniske sjølvbetjeningsløysingar og gi innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Vidare skal forvaltninga arbeide for å sikre rask og lik handsaming av dei enkelte utøvarane i dei ulike reinbeiteområda. Som ein del av kontrollarbeidet skal forvaltninga halde fram med å telje rein i dei ulike reinbeiteområda. Ved større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar skal det setjast inn tiltak.
Reindriftsforvaltninga skal delta aktivt i arbeidet med å utvikle konfliktførebyggjande tiltak i forholdet til andre næringsinteresser.
Når det gjeld midlane til forsking, skal forvaltninga medverke til at dei blir nytta til å framskaffe og formidle kunnskap med sikte på å nå målet om ei berekraftig reindrift.
Samhandling – rettleiing og informasjon
Reindriftsforvaltninga må drive aktiv informasjonsverksemd om sine ansvarsområde overfor eit større publikum og formidle informasjon om utviklinga i reindrifta og dei sentrale verdiane som reindrifta tek vare på.
Dokumentasjon og formidling av reindrifta sin arealbruk og rettar er avgjerande for næringa si framtid. Dette stiller krav om nær kontakt mellom næringa sine representantar, Reindriftsforvaltninga og andre offentlege organ for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig utvikling. Dette er vidare særleg viktig i arbeidet med å fastsetje dei påkravde vilkåra i reindrifta.
Reindriftsforvaltninga skal arbeide aktivt for å profilere reindrifta sine positive sider, og leggje til rette for ein betre kunnskap om reindrifta i Noreg.
Internadministrasjon
Reindriftsforvaltninga skal vere ei verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester. Forvaltninga skal vidareføre innsatsen knytt til vidareutvikling og forbetring av IKT-system, HMS, einsarta forvaltning, personal- og lønspolitikk, arbeidsmiljø, kompetanseoppbyggjing, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, samt interne driftsoppgåver. Når det gjeld kompetanseoppbygging, skal forvaltninga særleg prioritere opplæring av dei tilsette i samisk språk.
Post 01 Driftsutgifter
Posten skal dekkje Reindriftsforvaltninga sine driftsutgifter. Landbruks- og matdepartementet legg til grunn ei generell effektivisering av forvaltninga av reindrifta. Ein gjer framlegg om ei løyving på 41,3 mill. kroner, som også inkluderer ei overføring på 1,4 mill. kroner frå post 71.
Ordninga med kvinne- og familieretta tiltak i reindriftsnæringa blir ført vidare. Vidare skal posten dekkje administrative utgifter til effektuering av ny norsk-svensk reinbeitekonvensjon, og administrative utgifter i samanheng med arbeidet i norsk-finsk grensegjerdekommisjon. Posten skal òg nyttast til å dekkje administrative utgifter til forhandlingar og eventuelt ei effektuering av reinbeiteavtalar vest for Aursunden. Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.
Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald
Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 7,0 mill. kroner. Posten skal dekkje utgiftene til ei oppfølging av Noreg sitt ansvar for grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland. I tillegg skal posten dekkje utgiftene til ei effektuering av reinbeiteavtalar i Rørosregionen.
Post 70 Tilskott til fjellstover
Føremålet med tilskottet er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for m.a. reingjetarane. Departementet har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med Reindriftsforvaltninga. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,7 mill. kroner i 2011.
Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 8,9 mill. kroner. Posten er redusert med 1,4 mill kroner, jf. omtale under post 01. Av den samla løyvinga gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 1,3 mill. kroner for å dekkje utgiftene til forlenga omstillingsløn. Det har vist seg vanskeleg å få omstillarar over 55 år over i anna arbeid. For denne gruppa var det ikkje sett krav om aktiv omstilling. For å medverke til å gi denne gruppa ei verdig avslutning på arbeidslivet, og for å hindre at dei tek opp att reindrifta, vil dei kunne søkje om forlenga omstillingslønn fram til ordinær pensjonsalder etter folketrygdlovgjevinga. Føresetnaden for å kome inn under ordninga er at vedkomande si driftseining blir avvikla.
Utfordringa med å følgje opp godkjente bruksreglar vil truleg vere størst i dei distrikta i Finnmark der reintalet ikkje er i samsvar med beiteressursen, og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir oppnådd. Oppfølging av disse distrikta krev ekstra innsats. Utover bruk av reindriftslova sine reglar inneber ei oppfølging mellom anna at ein skal leggje til rette for fellestiltak for ein betre infrastruktur, og at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetjing av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansiert over denne posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distrikt, og den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjonen.
Som ein del av kontrollarbeidet og oppfølging av godkjente bruksreglar, skal forvaltninga utføre teljing av rein. Utgifter til teljing av rein i Finnmark blir dekka over denne posten.
Reindrifta har betydelege tap. Den store differansen mellom omsøkt og erstatta rovdyrtap er særleg framtredande i Finnmark, og den har auka konfliktnivået mellom styresmaktene og næringa. Derfor er det stor trong for å betre kunnskapen om produksjon og tapsårsaker i reindrifta. Utgifter til å framskaffe ny kunnskap om desse tilhøva blir dekka over denne posten.
Som et ledd i arbeidet med å få verdiklassifisert reindrifta sine areal, er det nødvendig med utbetring av eksisterande arealbrukskart. Dette må vidare sjåast i samanheng med distrikta sitt arbeid med bruksreglar og distriktsplanar. Utgifter til digitalisering av kart i Finnmark vil bli dekka over denne posten.
Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekka innanfor løyvingane til drift av forvaltninga. For å kunne ha påkravd fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på denne posten. Det same gjeld evalueringar og kostnader til vidareutvikling og betring av forvaltninga sitt IKT-system.
Post 82 Radioaktivitetstiltak
Staten si dekking av kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtak som regjeringa fatta om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak blir fastsett etter dei same prosedyrar som forskriftene etter reindriftsavtalen. Ein gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner i 2011. Dette er tilsvarande løyving som for 2010.
Kap. 4147 Reindriftsforvaltninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Refusjonar m.m. | 1 355 | 35 | 36 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 59 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 651 | ||
Sum kap. 4147 | 2 065 | 35 | 36 |
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
71 | Naturskade, erstatningar, overslagsløyving | 63 527 | 87 000 | 90 000 |
Sum kap. 1148 | 63 527 | 87 000 | 90 000 |
Formål med løyvinga
Statens naturskadeordning gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning er organisert med eit styre og ei ankenemnd. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret og ankenemnda. SLF førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka. SLF har òg det administrative ansvaret for ordninga. Styret og SLF skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar får ei rask og forsvarleg behandling. SLF skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.
Post 71 Naturskade, erstatningar
Resultatrapport 2009
I 2009 blei det behandla 551 erstatningssaker med samla skadetakst på 75,3 mill. kroner. Samla utgjorde erstatningsutbetalingane 53,9 mill. kroner. I tillegg blei det utbetalt 4,2 mill. kroner til dekking av takseringskostnader og FoU-tiltak. Flaumskadar i Oppland, Buskerud og Møre og Romsdal utgjorde dei største skadane.
Budsjettframlegg 2011
Departementet reknar med auka omfang av naturskadar i åra framover. FN sitt klimapanel konkluderer med at den globale oppvarminga vil få alvorlege konsekvensar. Regjeringa har nemnt opp eit offentleg utval som skal gjennomføre ei brei offentleg utgreiing om Noreg sin sårbarheit og behov for tilpassing som følgje av klimaendringane. Utvalet skal mellom anna greie ut kva risiko klimaendringane utgjer for natur og samfunn.
SLF har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet utarbeidd forslag til ny lov om erstatning for naturskade. SLF peiker i sine vurderingar på at klimaendringane vil gi auka hyppigheit av flom og skred med påfølgjande naturskadar. Departementet sende forslaget til ny lov på høyring med høyringsfrist i januar 2010.
Løyvinga til naturskadeerstatningar er tilpassa år med gjennomsnittleg skadeomfang. Erstatningane blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg behandling av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av rapportar om økonomi og saksbehandling og i styringsdialogen.
Dei som blir råka av naturskade har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering m.a. av skadar, samt nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for verksemda.
Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som medverkar til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som blir nytta på naturskadeområdet.
Etter naturskadelova kan det setjast som vilkår for utbetaling av erstatning at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein òg over denne posten gi tilskott på maksimalt 30 000 kroner pr. sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene. Løyvinga over post 71 skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år.
Ut frå dette gjer departementet framlegg om ei løyving på 90 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 30 mill. kroner, jf. tabell 2.10 og forslag til vedtak IV.
Tabell 2.10 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2011.
(i mill. kr) | |
---|---|
Ansvar pr. 1.1.2010 | 34,5 |
+ Forventa tilsegn i 2010 | 87,0 |
Sum | 121,5 |
- Forventa erstatningsutbetalingar 2010 | 80,0 |
Ansvar pr. 31.12.2010 | 41,5 |
+ FoU-tilskott, takseringskostnader mv. | 7,0 |
+ Forventa nye tilsegn i 2011 | 71,5 |
Sum | 120,0 |
Forslag til løyving i 2011 | 90,0 |
Tilsegnfullmakt i 2011 | 30,0 |
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 3 271 | 3 271 | 3 271 |
71 | Tilskott til verdiskapings- og klimatiltak i skogbruket m.m., kan overførast | 61 687 | 66 485 | 62 485 |
Sum kap. 1149 | 64 958 | 69 756 | 65 756 |
Post 51 Tilskott til utviklingsfondet for skogbruket
Formål med løyvinga
Utviklingsfondet for skogbruket blei oppretta ved kgl.res. av 25.2.1977. Bakgrunnen for opprettinga av fondet var ei avtale mellom Finansdepartementet og Skogbrukets arbeidsgivarforeining om kompensasjon for opphevinga av refusjon for bensinavgift ved bruk av motorsag i skogbruket.
Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 16.12.2002. Prosjekt som får støtte frå fondet er retta mot verdiskaping og ressursforvaltning i skogsektoren innanfor forsking og utstyr, utviklingsprosjekt, informasjon og opplæring og stipend. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innan skogsektoren representert. Sekretariatet ligg i Noregs forskingsråd.
Resultatrapport 2009
I 2009 blei det gitt tilskott på om lag 2,8 mill. kroner til åtte nye prosjekt.
Budsjettframlegg 2011
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,3 mill. kroner for 2011. Midlane frå fondet vil i første rekkje bli retta mot bruksretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.
Post 71 Tilskott til verdiskapings- og klimatiltak i skogbruket m.m.
Formål med løyvinga
Skogbruket er ei viktig næring i distrikta, og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Førstehandsverdien av det tømmeret som blir hogd og omsett ligg årleg på om lag 3 mrd. kroner, noko som gir monalege ringverknader. Den samla produksjonsverdien frå skogsektoren er om lag 48 mrd. kroner. Verdiskapinga skjer i heile verdikjeda, frå skogbruksverksemda, via transport og fram til foredling av trevirket til papir, brensle, konstruksjonsvirke m.v. Skogen tek opp store mengder CO2, og er derfor viktig i klimasamanheng. Auka bruk av fornybar bioenergi og auka bruk av tre framfor meir energikrevjande materiale vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske utsleppa av klimagassar. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, er skogen si rolle i klimasamanheng grundig drøfta, sjå omtale under kat. 15.30. Skogen er òg leveområde for mange arter, er rik på kulturminne og er ei viktig kjelde for friluftsliv og opplevingar.
Departementet legg til rette for verdiskaping i skogbruket mellom anna gjennom tilskott til ulike verdiskapingstiltak, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging og skogfondsordninga. Post 71 omfattar tilskott til tiltak for auka verdiskaping og tiltak retta mot klima og energi. Trebasert Innovasjonsprogram er ei viktig satsing både som klima- og verdiskapingstiltak. Som oppfølging av St.meld. nr. 39 (2008-2009), er det òg sett i verk andre tiltak som tek sikte på auka verdiskaping i verdikjedene frå skog til marknad og som skal gi positive energi- og klimabidrag.
Resultatrapport 2009
Treprogrammet
Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet) blei avvikla i 2005. Programmet blei i 2005 innklaga til EFTA Surveillance Authority (ESA) for brot på føresegna om statsstøtte i EØS-avtalen av byggutengrenser.no. I januar 2008 fatta ESA vedtak i saka. Vedtaket slo fast at programmet ikkje stemte overeins med forbodet mot statsstøtte i EØS-avtalen, og at det i prinsippet ville vere nødvendig å krevje tilbake tilskott gitt under programmet. Innovasjon Norge har, som forvaltar av programmet, kravd tilbake tildelte middel frå tre ulike mottakarar. Samla er det tilbakeført i underkant av 1 mill. kroner. Disse midlane blir overført til Trebasert Innovasjonsprogram for bruk i 2011. Departementet har i 2010 motteke endeleg sluttrapport for programmet frå Innovasjon Norge. Rapporten viser at enkelte prosjekt ikkje er realisert eller ikkje har oppmoda om utbetaling innan fristen for utbetaling på tre år. Enkelte prosjekt har òg hatt lågare kostnadar enn venta. Det står derfor att 19,5 mill. kroner frå Treprogrammet, og disse midlane vil bli overført til Trebasert Innovasjonsprogram for bruk i 2011.
Trebasert innovasjonsprogram
Trebasert innovasjonsprogram har til hensikt å auke innovasjon og produktutvikling knytt til tre. Ein godt driven skog tek opp mest CO2 og bruk av tre i bygg og andre produkt sinkar omløpet av CO2 i atmosfæren. Programmet gir såleis gevinstar knytt til både verdiskaping, klima og energibruk.
Ramma for programmet var i 2009 på 27 mill. kroner. Programmet fekk òg overført 10 mill. kroner frå 2008. I tillegg fekk programmet 20 mill. kroner til programmet av Stortinget sine tilleggsløyvingar i St.prp. nr. 37 (2008-2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid. Programmet hadde såleis i overkant av 57,1 mill. kroner til disposisjon i 2009, og det blei gitt tilsegn for 57,4 mill. kroner. Det som oversteig løyvinga blei dekka av annulleringar av tidlegare tilsegn grunna lågare kostnader eller urealiserte prosjekt. Midlane blei hovudsakleg nytta til omstilling og opplæring i trebedrifter. Bedriftene melde frå om god verknad av midlane allereie tidleg på hausten 2009. Nær 60 pst. av bedriftene meinte at tilskottet i stor grad hadde styrka bedrifta i krisetida. Det er anslått at tiltakspakka har hindra om lag 70 permitteringar og skapt ny sysselsetjing tilsvarande 20 årsverk. Midlane har òg hatt ein klar kompetansehevande effekt.
Det blei i starten av programmet utvikla metodar for vidare arbeid på fleire satsingsområde. Desse er utvikla vidare i 2009 og har omfatta pilotprosjekt (konkrete referansebygg knytt til ny trebruk), leverandørutvikling (kopling av leverandørleddet og marknaden) og design.
82 pst. av prosjekta i 2009 var bedriftsretta. Saman med næringa og regionane er det etablert drivarfunksjonar knytt til treområdet i 13 fylke fordelt på 8 regionar. Desse funksjonane sentralt og regionalt er avgjerande for auka aktivitet. Samarbeidet med andre, Noregs forskingsråd og forskingsinstitusjonar som til dømes Universitetet for Miljø og Biovitenskap, (UMB), NTNU og Norsk Treteknisk Institutt og bransjeorganisasjonane innan tresektoren, er òg viktig i programmet.
Siste kundeeffektundersøking i Innovasjon Norge viser at tresatsinga har god verknad, og at den i stor grad er avgjerande for aktiviteten. Bidraget til auka samarbeid og auka innovasjon i bedriftene er òg større enn for snittet av dei samla tenestene til Innovasjon Norge. Berekningar gjort av trelastindustrien syner at forbruket av trelast per m3/person/år har auka frå 0,54 til 0,67 i perioden 1999-2006.
Forvaltninga av midlane i programmet har vore i samsvar med retningslinjer frå ESA.
Transportstøtte og tilskott til andre verdiskapingstiltak i skogbruket
Transportstøtte har medverka til lokal utnytting og foredling av tømmer. Hovudformålet med ordninga er at ho skal bidra til hogst og auka aktivitet der virkesavsetninga er vanskeleg. Det blei gitt 149 000 kroner i bagatellmessig støtte til langtransport av skogsvirke frå vanskelegstilte område i Nord-Noreg i 2009. Det blei i 2009 løyvd omkring 2 mill. kroner til andre verdiskapingsprosjekt, særlig retta mot å motvirke nedgang i sysselsettinga som resultat av finanskrise mellom anna til skogkultur, infrastruktur og tiltak for utvikling av kompetanse.
Skog-, klima og energitiltak
Skog-, klima og energitiltak kom i 2009 inn som ei forsterka satsing under kap. 1149 post 71. Til dette området blei det løyvd 19,2 mill. kroner, som blei disponert med 15 mill. kroner til bioenergi, 2 mill. kroner til skogstreforedling og 2,2 mill. kroner til skogkulturtiltak.
Midlane til bioenergitiltak blei løyvd til Innovasjon Norge for å styrkje aktivitetane under Bioenergiprogrammet. Det blei løyvd 2 mill. kroner til Skogfrøverket til planteforedling og drift av frøplantasjar og 1 mill. kroner til langsiktige foredlingsoppgåver i samarbeid med Norsk institutt for skog og landskap. Resten av løyvinga har gått til å styrkje kapasiteten ved Skogfrøverket for gjennomføring av praktiske oppgåver i skogplanteforedlinga. Midlane til skogkulturtiltak er samordna med løyvinga til skogkultur under Landbrukets Utviklingsfond (LUF), kap. 1150, post 50.
Frå regjeringa si tiltakspakke, jf. St.prp. nr. 37 (2008-2009), blei det for 2009 også løyvd 50 mill. kroner til bioenergitiltak. Desse midlane er nytta til tilskot til uttak av skogsråstoff til bioenergi.og til investeringsstøtte til flisproduksjonsutstyr og utviklings- og kompetansetiltak. 30 mill. kroner blei forvalta av SLF og 19 mill. kroner av Innovasjon Norge. Dette er eit viktig bidrag for å skape balanserte verdikjeder innanfor bioenergiområdet. Det er sett i verk aktivitet i nesten alle fylke, men hovudkonsentrasjonen har vore i dei sentrale skogstrøka på austlandet.
I revidert nasjonalbudsjett for 2009, St.prp. nr. 67 (2008-2009), blei òg verkemidla til skogbruk og bioenergi under LUF styrkt med 50 mill. kroner som ei eingongsløyving, jf. kapittel 1150, post 50. Statens Landbruksforvaltning betalte ut i underkant av 16 mill. kroner i 2009 til uttak av skogsvirke til bioenergi. Ordninga har løyst ut eit volum på om lag 222 000 lauskubikkmeter skogsflis, eller 177 mill. kWh. Hovuddelen av aktiviteten har vore innanfor pleie av kulturlandskap, vegkantrydding og lauvskoghogst. Desse områda utgjer om lag 80 pst. av tilskotta. Volumet produsert flis som er løyst ut av tilskotta tilsvarar behovet for varme til 17 000 husstandar, og kan erstatte 17 mill. liter fyringsolje. Dette gir ein potensiell reduksjon av utslepp på 50 000 tonn CO2. Ordninga har hatt ein positiv effekt på sysselsetjinga for skogsmaskinentreprenørar. For noen har tilskotta vore avgjerande for å komme seg gjennom lågkonjunkturen etter finanskrisa. Flismengda tilsvarar eit årsverk for 25-30 skogsmaskinar og maskinoperatørar. I tillegg kjem ringverknadene for transportørar og energiverk. Total sysselsetjingseffekt av flisordninga i 2009 reknast å vere i overkant av 60 årsverk.
Budsjettframlegg 2011
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 62,5 mill. kroner i 2011. Hovudtiltaka på posten er løyving til Trebasert innovasjonsprogram og andre skog-, klima- og energitiltak, under dette oppfølging av St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, som blei lagt fram for Stortinget i juni 2009.
Trebasert innovasjonsprogram
St.meld. nr. 39 (2008-2009) held fram auka bruk av tre som eitt av fleire tiltak som kan redusere den samla klimabelastninga. Meldinga legg til dømes til grunn at auka hogst kan gi 1,25 millionar kubikkmeter ny trelast som vil gi ein samla substitusjonseffekt på om lag ein million tonn CO2.
Trebasert innovasjonsprogram byggjer opp under både næringspolitiske, miljøpolitiske og distriktspolitiske målsetjingar, og er eit viktig element i departementet sin heilskaplege strategi for næringsutvikling knytt til landbruket. Marknadsføring av miljøeigenskapane til trevirke er ein viktig del av innhaldet i programmet.
Hovudmålsetjinga for programmet er auka bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda. For å nå målet er det behov for å finne og utvikle talent som kan utnytte moglegheiter og gjennom dette medverke til innovasjon. Ein føresetnad for god måloppnåing er at nye koplingar mellom produkt og marknad blir tekne i bruk. I strategiar som ligg til grunn for arbeidet er det lagt vekt på å stimulere til kompetanseutvikling, stimulere til leverandør- og produktutvikling, utvikle pionerprosjekt, initiere og medverke til rasjonell logistikk, arbeide for auka kvinnemedverknad i næringa og arbeide for sterkare medverknad og engasjement i verkemiddelapparatet knytt til innovasjon i skog- og trenæringa.
Dersom tre i aukande grad skal brukast i til dømes byar og tettstader, er det behov for auka produktutvikling som gjer det rasjonelt og sikkert å byggje massivtrehus og trehus i fleire etasjar. Slik bruk av tre krev utvikling av nye industrielle løysingar. Det er òg grunn til å peike på at det framover er eit stort behov for nye landbruksbygg. Det er eit stort potensial for bruk av tre i slike bygg. Utvikling av konkurransedyktige løysingar på dette området har eit stort potensial for både auka verdiskaping og miljø- og energigevinstar.
Løyvinga til programmet blir foreslått sett til om lag 18 mill. kroner for 2011. I tillegg til denne løyvinga blir programmet tilført om lag 20 mill. kroner frå det tidlegare Treprogrammet, som omtalt i resultatrapporten for 2009. Trebasert Innovasjonsprogram vil derfor totalt sett få ei ramme på 38 mill. kroner, ein auke på 4 mill. kroner samanlikna med løyvinga for 2010.
Andre skog-, klima- og energitiltak
St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk og St.meld. nr. 39 (2008-2009) viser fram ei rekkje tiltak for reduksjon av utslepp frå jordbruket, og framhevar skogen si viktige rolle i klimasamanheng. Regjeringa omtalar i meldinga ei auka satsing på fornybar bioenergi, skogplanting og skogkulturtiltak for å få lågare klimagassutslepp og vedvarande høg karbonbinding i norsk skog.
Løyvinga til skog-, klima- og energitiltak over post 71 må sjåast i samanheng med løyvinga til skogbruk og bioenergi under LUF i kap. 1150, post 50. Departementet vil i 2011 mellom anna prioritere midlar til oppfølging av departementet si klimamelding på områda skog og bioenergi gjennom støtte til tiltak som både bidreg til auka opptak av CO2 i skog og til reduksjon av utslepp av klimagassar. Planteforedling, skogkultur, og auka produksjon av skogråstoff til bioenergi vil vere sentrale oppgåver.
Departementet har tidlegare gitt tilskott til langtransport av skogsvirke i Nord-Noreg. Grunna manglande godkjenning frå ESA vil ein ikkje vidareføre denne ordninga i sin tidlegare form. Departementet vil til erstatning for dette gi tilskott til tiltak for å styrkje heile verdikjeda i skogsektoren i Nord-Noreg. SLF skal forvalte midlane, som først og fremst skal gå til infrastrukturprosjekt i dei nordlegaste fylka. Infrastruktur er ein av dei største utfordringane for skogbruket i Nord-Noreg.
Løyvinga til skog, klima og energitiltak m.m. over post 71 blir foreslått sett til om lag 44,5 mill. kroner i 2011.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
50 | Fondsavsetningar | 1 189 029 | 1 012 753 | 1 075 153 |
70 | Marknadsregulering, kan overførast | 220 097 | 269 600 | 213 900 |
73 | Pristilskott, overslagsløyving | 2 049 929 | 2 195 600 | 2 267 500 |
74 | Direkte tilskott, kan overførast | 7 160 027 | 7 537 619 | 7 810 119 |
77 | Utviklingstiltak, kan overførast | 196 026 | 207 930 | 211 230 |
78 | Velferdsordningar, kan overførast | 1 656 039 | 1 704 704 | 1 759 704 |
Sum kap. 1150 | 12 471 147 | 12 928 206 | 13 337 606 |
Kap. 1150 og kap. 4150 om Jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har tingingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar knytt til produksjon og omsetnad innanfor jordbruket (marknadsordningane). Jordbruksavtalen 2010-2011 som blei inngått mellom staten og jordbruket ved Norges Bondelag den 15.5.2010, omfattar målprisane for perioden 1.7.2010 til 30.6.2011 samt tilskott som blir utbetalt i 2011. I tillegg blei partane einige om omdisponering i 2010 av tidlegare løyvde midlar. Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er eigna til å fremje fastlagte mål for jordbruket, og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Resultatet av jordbruksavtalen 2010-2011 blei lagt fram for Stortinget i Prop. 133 S (2009-2010) og behandla i Stortinget den 15.6.2010, jf. Innst. 364 S (2009–2010). Dette kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av jordbruksavtalen 2010-2011.
Mange av dei største ordningane på kap. 1150 er tiltak der søkjarane har rett på tilskott dersom dei oppfyller vilkåra. Løyvinga er oftast styrt av satsar per eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Derfor ser departementet det som naturleg at eit noko større behov på ein underpost kan dekkjast inn med ledige midlar på ein annan underpost på same løyving (post).
Formålet med løyvinga
Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinjene i landbrukspolitikken. For ei nærmare omtale av mål og strategiar i jordbrukspolitikken for komande budsjettperiode syner ein til innleiinga, kat. 15.30 i denne proposisjonen, samt kap. 7 i Prop. 133 S (2009-2010).
Dei langsiktige måla for jordbrukspolitikken blei sist fastlagt av Stortinget i samband med behandlinga av St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon. I tillegg til produksjon av trygg mat og andre varer og tenester med bakgrunn i forbrukarane sine behov, er hovudmåla i stor grad knytt til produksjon av kollektive gode for samfunnet. Målstrukturen frå St.meld. nr. 19 (1999-2000) er skissert i figur 2.1 nedanfor.
Nokre av dei kollektive goda kjem som eit resultat av jordbruksproduksjonen i Noreg. Både klima, topografi, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur, og norsk pris- og kostnadsnivå generelt gjer at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Derfor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønnsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar, dvs. at dei verkar inn på fleire av dei kollektive goda samtidig. Det gjeld m.a. tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål. Dette gjer at tradisjonell resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir noen fullgod informasjon.
Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein derfor ikkje sortere post for post på budsjettkapitlet i forhold til hovudmåla. Derfor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert spesifikk resultatrapportering på dei enkelte ordningane. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.
I tilknyting til måla for landbrukspolitikken som omtalt m.a. i innleiinga, vil ein ha verkemiddel for å nå fleire av desse både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette gjeld både økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, samt verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er grunnleggjande òg i næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Ein har òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan målast på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar for utviklingstrekka i næringa samla sett.
Resultatrapport 2009
Landbruket er ei langsiktig næring der tilpassinga til endra rammer tek tid. Det er derfor viktig for næringsaktørane å førebu seg på endringar som kan komme i internasjonale og nasjonale forhold, hos forbrukarane og i forhold til teknologi m.m. Dei ulike tiltaka over jordbruksavtalen skal gi dei næringsdrivande rammer som dei ut frå sin eigen situasjon kan tilpasse seg innanfor. Jordbruksavtalen skal fremje utvikling i næringa og tilpassingar som er i samsvar med måla for landbrukspolitikken.
Utviklinga i dei viktigaste resultata som har samanheng med verkemidla over jordbruksavtalen skjer gradvis over tid, og kan derfor i liten grad lesast over eit år. Ein del av dei økonomiske resultata vil òg kunne bli påverka av periodisering og andre forhold som gjer at utviklinga frå det eine året til det andre berre gir informasjon med avgrensa verdi. Fleire av resultata er påverka av langsiktig og generell økonomisk utvikling. På kort sikt blir måloppnåinga òg påverka av fleire forhold som ikkje er styrt gjennom jordbruksavtalen. Det gjeld til dømes prisutviklinga på innsatsfaktorar som kunstgjødsel og energi, samt renteutvikling og verdsmarknadsprisar med meir.
Nokre viktige utviklingstrekk er:
Materiale frå totalkalkylen og driftsgranskingane viser at jordbruket i fleire år før denne regjeringa tok over, hadde ei svakare utvikling i inntekt enn andre grupper. Normaliserte rekneskap syner ei gjennomsnittleg utvikling for jordbruket på 4,7 pst. per år for dei siste 10 åra (2000-2010), og på 9,0 pst. for dei siste 5 åra når ein tek omsyn til jordbruksfrådraget. Andre grupper har i gjennomsnitt hatt ein auke på 4,5 pst. i de siste 10 åra, og 4,6 pst. dei siste 5 åra. Gjennomsnittet for jordbruket vil variere noko avhengig av kva for eit år det startast på, men denne regjeringa har gitt jordbruket eit løft i inntektene som var heilt nødvendig for å sikre framtidstru og for å nå dei viktigaste måla for jordbruket.
Den store auken i etterspørselen etter matvarer som har vart i nokre år, har flata ut. Det auka rommet for volum- og prisvekst for fleire viktige jordbruksprodukt er nå avgrensa, men auken i folketalet vil gi grunnlag for auka norsk matproduksjon i åra som kjem.
Produktivitetsutviklinga er stabilt høg i næringa. Talet på driftseiningar som søkjer om tilskott går ned medan samla produksjon og jordbruksareal er relativt stabilt. Sektoren har hatt ei årleg vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 3,9 pst. dei siste 10 åra og 1,8 pst. årleg auke i multifaktorproduktivitet.
Det er rekna ein reduksjon i talet på årsverk frå 2008 til 2009 på 2,8 pst. og frå 2009 til 2010 på 2,6 pst. Tidleg på 2000-talet var avgangen klart høgre.
Talet på føretak i jordbruket syner om lag same utvikling. Det har vore ei monaleg strukturendring i alle produksjonar. I 2009 var gjennomsnittet 213 dekar og 21 mjølkekyr per føretak. I 1999 var gjennomsnittet 100 dekar og 14 mjølkekyr.
Registrert jordbruksareal var som høgast i 2001, og er sidan redusert med om lag 2 ¼ pst. Nedgangen i jordbruksareal skuldast i all hovudsak reduksjon i areal med korn og oljevekstar, men også det fulldyrka grasarealet går no tilbake. Arealet med eng og beite auka i perioden 1999-2007, men syner ein nedgang frå 2007 til 2009. Årsaka til auken i grasarealet på 2000-talet var auke i innmarksbeiter, medan fulldyrka eng gikk tilbake.
Frå 2004 har nye digitale kart gradvis gitt nytt kontrollgrunnlag for jordbruksarealet. I 2009 hadde ca. 180 kommunar tatt i bruk det nye kartgrunnlaget. Tal frå Statens landbruksforvaltning (SLF) viser at innføring av nye kart i gjennomsnitt har ført til ei reduksjon i godkjent jordbruksareal på ca. 2,5 pst. det året kartverket blir teke i bruk. Det vil seie at omlegginga har gitt ei rekna reduksjon i jordbruksarealet på om lag 140.000 dekar.
Areala hos einingar som går ut av drift blir i hovudsak drive vidare av andre. Leid areal er meir enn fordobla sidan 1979, og utgjer i overkant av 4 mill. dekar i 2009, eller om lag 40 pst. av totalt jordbruksareal.
Frå 1989 til 2009 har talet på jordbruksføretak gått ned med ca. 50 pst. Telemark og Agder, Vestlandet og Nord-Noreg har hatt noko større nedgang enn dei andre regionane.
I periodar har overproduksjon påført produsentane monalege inntektstap som følgje av sviktande prisar. No er marknaden i relativt god balanse. For sau/lam og storfekjøtt førte mellom anna finanskrisa til at ei viss underdekning i den norske marknaden raskt snudde til marknadsbalanse/overskott.
Arbeidet med næringsutvikling over Landbrukets utviklingsfond (LUF) styrkjer og utvidar næringsgrunnlaget i og i tilknyting til landbruket over heile landet. Landbruks- og matdepartementet sin strategi Ta landet i bruk! er førande for arbeidet. Strategien dannar ei ramme for alle typar lønsam næringsverksemd med utgangspunkt i bruka og menneska på dei sine ressursar. I St.prp. nr. 67 (2008-2009) foreslo regjeringa ei løyving på 200 mill. kroner til ekstraordinære investeringstiltak for landbruket. Av dette blei 150 mill. kroner satt av til investeringar i jordbruket. I 2009 kunne derfor langt fleire søknadar bli prioritert og løyvd støtte til.
Regionale miljøprogram prioriterer ordningar som fremjar kulturlandskap og reduserer forureining. Særleg har stølsdrift blitt prioritert i dei områda der det er aktuelt, og endra jordarbeiding der det har vore eit viktig tiltak for å redusere næringssaltavrenning. Regjeringa har som mål at 15 pst. av produksjon og forbruk av mat skal være økologisk i 2020. Satsinga på økologisk mat skjer no med utgangspunkt i Landbruks- og matdepartementet sin handlingsplan Økonomisk, agronomisk – økologisk! Omsetninga av økologisk mat har auka kraftig dei siste åra, men mellom anna finanskrisa førte til at utviklinga i forbruket stoppa noko opp sjølv om utviklinga i verdi har auka. Totalt blei det omsett økologiske matvarer i 2009 for 1 145 mill. kroner. I 2009 var det 2 851 økologiske driftseiningar, ein auke på 149 frå året før. Totalt er 4,3 pst. av jordbruksarealet godkjent økologisk areal.
Utviklingsprogrammet for klimatiltak fungerer som eit viktig bindeledd mellom forsking, forvaltning og aktiv jordbruksdrift.
For ei meir detaljert rapportering av resultata i jordbrukspolitikken generelt og for dei tiltaksretta ordningane under kap. 1150 fram til 2009, viser ein til kapittel 3 i Prop. 133 S (2009-2010).
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Som gjort greie for under kap. 1100 er det behov for tilpassingar i forhold til normal prosedyre for tilskottforvaltning. Det vil her bli gjort nærmare greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike grupper ordningar, samt bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane under jordbruksavtalen og reindriftsavtalen.
Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott
Tilskott til produsert volum, til marknadsregulering og til frakt fins som fleire ordningar under kap. 1150 postane 70 og 73, i nokon grad under kap. 1150 post 77, samt under kap. 1151 post 75. Satsane er baserte på fastsette kriterier, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskott som blir utbetalt produsentane via eit omsetningsledd vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetningsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samtidig mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer derfor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksavtalen og frå Økonomisk utvalg for reindriften i den årlege proposisjonen om reindriftsavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. Landbruks- og matdepartementet meiner såleis at ein har etablert eit godt resultatrapporteringssystem for dei ikkje-tiltaksretta ordningane.
Av andre viktige tilpassingar i forhold til normalprosedyren kan nemnast at det normalt ikkje er tilskottsmottakar sjølv som søkjer då tilskotta blir utbetalt via eit omsetningsledd. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetningsleddet. Omsetningsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei vil derfor ikkje bli rekna som tilskottsforvaltarar, men medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetningsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den enkelte produsent. Samla sett verkar dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.
Direkte tilskott og velferdsordningar
Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150 postane 74 og 78 og på reindriftsavtalen kap. 1151 postane 75 og 79. Dei direkte tilskotta er basert på objektive kriterium som dyretal, areal, produksjonstype, mengde og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Når det gjeld velferdsordningar, utgjer desse refusjon av utgifter til avløysing. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for ordningane marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott, jf. ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa òg i hovudsak finne stad i rapporteringa i samband med jordbruksoppgjeret. I tillegg blir rapporteringa frå Budsjettnemnda supplert med vurderingsrapportar og statusnotat. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Vidare er det ikkje aktuelt å sende årlege oppdragsbrev til kommunane då deira oppgåver er fastsett i forskrifter, rettleiingar mv., og arbeidet deira er ikkje styrt av ei budsjettramme knytt til kvar enkelt kommune.
Kollektive overføringar
På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet/Statens landbruksforvaltning og direkte til ein sams mottakar, t.d. Rikstrygdeverket, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Dei største kollektive overføringane har bakgrunn i at produsentar i jordbruket betalar redusert trygdeavgift, på linje med lønnstakarar. Ordningane finns særleg under kap. 1150 post 78. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetningsavgift for frukt og grønt, jf. kap. 1150 post 70.11. Oppfølginga av desse ordningane vil berre vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein med mellomrom vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.
Forvaltning
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Statens landbruksforvaltning og til Reindriftsforvaltninga. Størsteparten av dei administrative kostnadane til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane til drift av dei statlege verksemdene som er tilskottsforvaltarar, og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og regionaldepartementet. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre uviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På nokre område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Norge. Kommunane har òg sentrale oppgåver i tilskottsforvaltninga, og omsetningsledda har som nemnd ovanfor ei medhjelparrolle i utbetaling av tilskott til produsentane. I samband med ikkje-statleg tilskottsforvaltning har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På ein del område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, ofte partssamansett, skal tildele tilskottsmidlar mens Statens landbruksforvaltning eller Reindriftsforvaltninga er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengane ser departementet det slik at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.
Statens landbruksforvaltning har saman med fylkesmannsembeta og KS gjennomført eit prosjekt for vurdering av korleis kontrollen med tilskott i landbruket kan styrkjast. Med grunnlag i kontrollprosjektet stiller Statens landbruksforvaltning nå krav om at fylkesmannen kvart år skal utarbeide ein risikobasert kontrollplan og gjennomføre forvaltningskontroll av kommunar, samt utføre foretakskontroll.
Jordbruksoppgjeret 2010
Jordbruksavtalen 2010-2011 er basert på dei prinsipp som er trekt opp i St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, Innst. S. nr. 167 (1999-2000) frå Næringskomitèen, regjeringa si Soria Moria-erklæring og hovudmål for den økonomiske politikken.
Staten og jordbruket ved Norges Bondelag kom fram til ei forhandlingsløysing 15.5.2010. Norsk Bonde- og Småbrukarlag braut forhandlingane den 14.5. 2010. Norges Bondelag har i brev meddelt at organisasjonen sitt styre har godkjent avtalen.
Avtalen vidarefører kursendringa som denne regjeringa har starta gjennom dei føregåande jordbruksoppgjera, m.a. ved å:
leggje til rette for ein klar nivåheving i inntektene.
prioritere mjølkeproduksjon og grasbasert husdyrhald for å nå målet om å sikre eit landbruk med ein variert bruksstruktur, oppretthalde eit levande landbruk over heile landet og ha særskilt merksemd på område med svakare utvikling i produksjon og arealbruk.
sørgje for gode velferdsordningar og sikre distrikts- og strukturprofilen i verkemidla mellom anna gjennom ei særskilt styrking av fraktordningane for kjøtt og korn/kraftfôr.
styrkje landbrukets miljøprofil og klimatiltak, ivareta kulturlandskapet, auke beiting med husdyr og styrkje klimatiltaka.
auke innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på auka produksjon og forbruk.
Avtalen har ei ramme på 950 mill. kroner. Det er gitt auka løyvingar over kap. 1150 på 375 mill. kroner, medan målprisane er auka med til saman 420 mill. kroner frå 1. juli 2010. I tillegg er det omdisponert 60 mill. kroner av unytta midlar i 2009, medan jordbruksfrådraget er rekna å gi ei inntektseffekt på 95 mill. kroner. Inkludert jordbruksfrådraget gir ramma grunnlag for ein vekst i inntekta på om lag 5 pst., eller 11 500 kroner per årsverk til 2011 frå 2010 før utslag av endringane i 2010 av denne avtalen. I tillegg viser materialet i år at jordbruket hadde hatt ei inntektsutvikling for perioden 2006-2010 som var 6,5 prosentpoeng større enn det som blei lagt til grunn i fjor.
Deler av inntektsramma får utslag på inntektene alt i 2010. Inkludert jordbruksfrådraget aukar inntekta i 2010 med om lag 2,25 pst., eller om lag 4 500 kroner per årsverk, dersom auken i målprisar får fullt utslag frå 1. juli.
Løyvingane over statsbudsjettet på jordbruksavtalen gjeld det følgjande kalenderåret. Jordbruksoppgjeret i 2010 gjaldt løyvingar for 2011. Jordbruksavtalen for 2010-2011 er basert på at Stortinget gjer vedtak om dei løyvingane i 2011 som er lagt til grunn i avtalen, og lagt fram for Stortinget i Prop. 133 S (2009-2010). Gjennom vedtak II til proposisjonen om jordbruksoppgjeret 2010 har eit fleirtal i Stortinget gitt Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å setje i verk tiltak i samsvar med avtalen som er knytt til løyvingar over budsjettet i 2011.
Importvernet er ikkje forhandlingstema i jordbruksoppgjeret. Under forhandlingane informerte finansministeren partane i brev om at Regjeringa vil foreslå overgang til prosenttoll for meieriprodukt under tolltariffens kapittel 04.01, som omfattar flytande mjølk og fløte. Dette blei lagt til grunn for avtalen. Partane i oppgjeret har lagt til grunn at avtalen 2010-2011 er utforma innanfor Noregs plikter i forhold til WTO.
Jordbruksoppgjeret med omfordeling av løyvingar i 2010 og verknad for statsbudsjettet i 2011, blei lagt fram for Stortinget i Prop. 133 S (2009-2010). I denne proposisjonen blir Stortinget invitert til å gjere dei budsjettvedtak for 2011 som følgjer av avtalen som Stortinget slutta seg til ved behandlinga den 14.6.2010, jf. Innst. 364 S (2009–2010).
Budsjettframlegg 2011
Budsjettframlegget for 2011 inneber at løyvinga på kap. 1150 blir auka med om lag 411 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2010, frå om lag 12,9 mrd. kroner til om lag 13,3 mrd. kroner. Postane 50, 70, 74, 77 og 78 kan òg nyttast til utgifter av utviklings- og utgreiingsart under kap. 1143 post 01.
Auken i 2011 er sett saman av følgjande forhold:
375 mill. kroner auke som følgje av auka tilskott etter jordbruksoppgjeret 2010.
11 mill. kroner i auka tilskott som følgje av volumauke på overslagsløyvingane (post 73).
I tillegg blir det gjort tekniske konsekvensjustering og flyttingar som samla inneber ei auka løyving på kap. 1150 med 25,5 mill. kroner.
Post 50 Fondsavsetningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
50.11 | Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF) | 1 159 029 | 982 753 | 1 045 153 |
50.12 | Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon | 30 000 | 30 000 | 30 000 |
Sum post 50 | 1 189 029 | 1 012 753 | 1 075 153 |
Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)
Etter LUF sine vedtekter kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Utgifter til administrasjon av LUF blir dekt over fondet. Innovasjon Norge sine kostnader knytt til administrasjon og iverksetjing har tidlegare blitt finansiert etter ulike modellar avhengig av omtalane for dei ulike oppdraga. I samråd med dei aktuelle oppdragsgjevarane og selskapet er det våren 2010 utarbeidd ein harmonisert modell for finansiering av kostnader knytt til administrasjon og iverksetjing for alle oppdrag frå og med 2011, med unntak for aktivitetar som skal vere sjølvfinansierande, som låne- og fondsverksemda. Selskapet sine basiskostnader dekkjast over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett kap. 2421, post 70. Ved innføring av modellen skal kostnader knytt til administrasjon og iverksetjing, med unntak av selskapet sine basiskostnader, dekkjast av oppdragsgjevar. Det vil etter to år, for å vurdere om omfanget av overførte midlar og fordelinga departementa i mellom må justerast, bli utført ein gjennomgang av omlegginga. Det vil òg, etter fire år, bli utført ein gjennomgang av heile kostnadsmodellen. I forslag til budsjett for 2011 har Nærings- og handelsdepartementet derfor utført ei rammeoverføring på 32,5 mill. kroner frå sin post 70 til kostnader knytt til administrasjon i Innovasjon Norge, til LUF. Dette er skjedd etter at Prop 133 S (2009-2010) Jordbruksoppgjeret 2010 blei lagt fram. Overføringa skal dekkje kostnader som Innovasjon Norge har med forvaltning av Landbruks- og matdepartementet sine ordningar.
Ein gjer framlegg om ei løyving for budsjettåret 2011 på 1 045,2 mill. kroner under kap. 1150 underpost 50.11. I Prop. 133 S (2009-2010) Jordbruksoppgjeret 2010 blei det lagt til grunn ei løyving til LUF på 1 014,7 mill. kroner, som er ei auke på 31,9 mill. kroner frå budsjett 2010. I budsjett for 2010 blei 2 mill. kroner frå kap. 1115 post 23 overført LUF. Etter at Prop. 133 S (2009-2010) blei lagt fram, er denne løyvinga redusert med 2 mill. kroner i budsjett for 2011. Ettersom LUF òg i etterkant av Prop. 133 S (2009-2010) er tilført 32,5 mill. kroner i ei rammeoverføring frå Nærings- og handelsdepartementet knytt til administrasjon, er samla løyving til LUF i 2011 auka med 30,5 mill. kroner til 62,4 mill. kroner. LUF tilførast òg 98,6 mill. kroner i 2010 frå omdisponering av midlar i 2010. Av desse blir det brukt 8,0 mill. kroner i 2010.
Tildelingsramma blir fastsett ut frå løyvingsframlegg på kap. 1150, renteinntekter, fondskapitalen, rentestøtte og administrative kostnader. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om ei samla tildelingsramme i 2011 på 1 204,3 mill. kroner, jf. Prop. 133 S (2009-2010). Endelig tildelingsramme er på 1 229,3 mill. kroner, etter endringar omtalt ovanfor samt oppdatert prognose på utbetaling av rentestøtte. Av endelig ramme er 5 mill. kroner ei særskild ordning med disponering av tilbakebetalte reguleringsmidlar, jf. tabell 2.13. Det er berre ein del av tildelingsramma som faktisk kjem til utbetaling det same året. Ein del er ansvar mellom år. Tabell 2.11 viser ei oversikt over kontantstraumane for fondet i 2010 og 2011. Det er lagt opp til ei belastning av kapitalen i fondet med 286,5 mill. kroner i 2011.
Tabell 2.11 Tildelingsramme og prognose for kontantstraumar i LUF.
(i mill. kr) | ||
---|---|---|
2010 | 20111 | |
Tildelingsramme eks. rentestøtte | 1 103,0 | 1 167,5 |
Utbetaling av tilskott | 1 256,9 | 1 278,1 |
Rentestøtte | 61,7 | 61,8 |
Andre kostnader | 9,3 | 8,3 |
Sum kostnader | 1 327,8 | 1 348,2 |
Finansiering: | ||
Løyving kap. 1150 post 50 m.m.2 | 1 076,4 | 1 045,2 |
Renteinntekter m.m. | 26,8 | 16,5 |
Bruk av fondskapital | 224,6 | 286,5 |
1 Framlegg i 2011
2 2010: inkl. overføring av 5 mill. kroner frå kap. 1144 og 1149 og 2 mill. kroner frå kap. 1115 post 23. 2011: Inkl. reduksjonen på 2 mill. kroner i etterkant av framlegg av Prop. 133 S (2009-2010) samt rammeoverføringa på 32,5 mill. kroner frå Nærings- og handelsdepartementet sin post 70 til administrasjonskostnader i Innovasjon Norge.
Den meir detaljerte fordelinga av tildelingsramma går fram av tabell 2.12.
Tabell 2.12 Oversikt over tildelingsramme for LUF i 2010 og framlegg om tildelingsramme for 2011.
(i mill. kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
2010 | Omdisp. midlar 2010 | 2011 | Endring 2010-2011 | ||
KSL Matmerk | 46,0 | 46,0 | - | ||
Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL) | 6,0 | 6,0 | - | ||
Rekruttering, likestilling og kompetanse1 | 20,0 | 4,5 | 20,0 | - | |
Utviklingsprogram for matspesialiteter fra landbruket, inkl. adm.2 | 67,0 | 63,5 | -3,5 | ||
Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar, inkl. adm.3 | 418,0 | 474,5 | 56,5 | ||
- Bedriftsretta midlar (IN) | 353,0 | 414,5 | 61,5 | ||
- Utviklings- og tilretteleggingsmidlar (FM) | 65,0 | 60,0 | -5,0 | ||
Sentrale bygdeutviklingsmidlar4 | 18,0 | 17,0 | -1,0 | ||
Inn på Tunet | 8,0 | 9,0 | 1,0 | ||
Utviklingsprogram for grønt reiseliv | 18,0 | 18,0 | - | ||
Mat langs Nasjonale Turistveger | 2,0 | 2,0 | - | ||
Utviklingsprogram for innlandsfiske | 4,0 | 4,0 | - | ||
Verdensarv | 3,0 | 3,0 | - | ||
Skogbruk og bioenergi 5 | 218,0 | 229,0 | 11,0 | ||
Utviklingstiltak for geit/Friskere geiter | 15,0 | 15,0 | - | ||
Forskning | 44,0 | 48,0 | 4,0 | ||
E-sporing, fagpiloter6 | 2,0 | 2,0 | - | ||
Nasjonalt beiteprosjekt | 6,5 | 5,0 | -1,5 | ||
Fotråte – Prosjektet Friske føtter | 2,0 | - | -2,0 | ||
Sametingets midlar til næringsformål og konfliktforebyggende tiltak jordbruk/reindrift7 | 2,0 | 3,0 | 1,0 | ||
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | 120,0 | 115,0 | -5,0 | ||
Investeringsstøtte til organisert beitebruk8 | 6,0 | 2,0 | 11,0 | 5,0 | |
Informasjons- og utviklingstiltak, miljø | 10,0 | 10,0 | - | ||
Nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak | 6,0 | 6,0 | - | ||
Utvalgte kulturlandskap | 8,0 | 8,0 | - | ||
Andre utviklingstiltak i landbruket9 | 4,5 | 3,5 | -1,0 | ||
Morsa/Vestre Vansjø | 1,0 | - | -1,0 | ||
Utviklingstiltak innen økologisk landbruk | 43,0 | 44,0 | 1,0 | ||
Sum LUF, tilskott | 1 098,0 | 1 162,5 | 64,5 | ||
Rentestøtte10 | 61,7 | 61,8 | 0,1 | ||
Sum LUF, tilskott og rentestøtte | 1 159,7 | 1 224,3 | 64,6 | ||
Tilbakeførte reguleringsmidlar11 | 5,0 | 1,5 | 5,0 | - | |
Innvilgningsramme inkl. reguleringsmidlar | 1 164,7 | 8,0 | 1 229,3 | 64,6 |
1 20 mill. kroner er avsatt til ordningen som fylkeskommunene administrerer. 2010: 4,5 mill. kroner blir i tillegg sett av til rekrutteringsprosjekt til landbruksutdanning.
2 Tidligere VSP mat. 2011: Det blir sett av 1 mill. kroner til Måltidets hus innanfor rammen av programmet. 1,5 mill. kroner er knytt til administrasjon av ordninga, overført til LUF frå Nærings- og handelsdepartementet sitt forslag til budsjett, post 70.
3 2011: 30 mill. kroner er knytt til administrasjon av ordninga, overført til LUF frå Nærings- og handelsdepartementet sitt forslag til budsjett, post 70.
4 2011: Reduksjon på 1 mill. kroner tilsvarer konfliktforebyggende tiltak jordbruk/reindrift som er flyttet til Sametingets midlar til næringsformål og konfliktforebyggende tiltak jordbruk/reindrift, jf. note 7.
5 2011: 1 mill. kroner er knytt til administrasjon av bioenergiprogrammet, overført til LUF frå Nærings- og handelsdepartementet sitt forslag til budsjett, post 70.
6 2010: 2 mill. kroner over jordbruksavtalen og 2 mill. kroner over statsbudsjettet utenom kapittel 1150.
7 2011: 2 mill. kroner til Sametingets midlar til næringsformål og 1 mill. kroner til konfliktforebyggende tiltak mellom jordbruk og reindrift, jf. note 4.
8 2010: Det blir i tillegg sett av 2 mill. kroner til finansiering av kjøp av radiobjeller.
9 2010: 2 mill. kroner til setersatsing, 2,5 mill. kroner til beiteareal for gås. 2011: 3,5 mill. kroner til beiteareal for gås.
10 Prognosen for utbetaling av rentestøtte er oppdatert i etterkant av at Prop. 133 S (2009-2010) Jordbruksoppgjeret 2010 blei lagt fram.
11 2010: Det blir i tillegg sett av 1,5 mill. kroner til nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap, jf. tab. 2.13
Nærings- og miljøsatsinga over LUF blir foreslått vidareført med ei samla løyving i 2011 på 1 167,5 mill. kroner, eksl. rentestøtte.
Stiftinga KSL Matmerk
Stiftinga KSL Matmerk har ansvaret for ordningar og oppgåver som er viktige for auka næringsutvikling på matområdet. Arbeidsoppgåvene er knytt til å administrere og utvikle Kvalitetssystem i landbruket (KSL), merkeordningane Beskytta Betegnelser og Spesialitet, utvikling av merkeordninga Nyt Norge, ivareta generisk marknadsføring av økologisk mat, forvalte Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL), arbeide med profilering og synleggjering av konkurransefortrinn, samt bidra til auka marknadstilgong for norsk mat.
I 2011 skal Stiftinga KSL Matmerk i større grad bidra til at varemottakarane følgjer opp avvik frå HMS-krava i KSL med relevante sanksjonar, samt arbeide med å formidle bruk av HMS-standarden i KSL. Stiftinga vart òg ein viktig aktør i arbeidet med å utvikle og gjennomføre Utviklingsprogram for norske matspesialitetar. Det skal i den samanheng bli etablert ei tidsavgrensa satsing på Markedstenester for lokalmatprodusentar i KSL Matmerk. Tilbodet skal utvikle og formidle spisskompetanse innan marknadsarbeid og tilgang til marknaden.
Rekruttering, likestilling og kompetanse
Den samla satsinga for å fremje rekruttering til landbruket inneheld desse elementa:
Auka tilskott til generasjonsskifteordninga til personer under 35 år.
Iverksetjing av eit treårig prosjekt på samla 4,5 mill. kroner for å styrke rekrutteringa til landbruksutdanning.
Auke i bedriftsretta bygdeutviklingsmidlar med 31,5 mill. kroner i 2011, ekskl. adm.
Fylkeskommunane sitt ansvar for rekruttering, kompetanseheving, likestilling og etterutdanning i landbruket vidareførast med 20 mill. kroner i 2011.
Ungdom blir prioritert ved tildeling av nyetableringskvote for mjølk.
Som ei oppfølging av gjennomføringa av forvaltningsreforma (Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) Om lov om endringer i forvaltningslovgivningen mv.) fekk fylkeskommunane overført ansvar for rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Det er eit overordna mål at ordninga skal bidra til rekruttering og utdanning av næringsutøvarar som kan ivareta og styrkje verdiskapinga i landbruket regionalt. Det skal leggjast til rette for eit forpliktande samarbeid med næringa om innretninga av midlane. Ordninga blir vidareført med 20 mill. kroner i 2011.
Utviklingsprogrammet for matspesialitetar frå norsk landbruk
Som ein vidare utvikling av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon (VSP mat) blir det etablert eit Utviklingsprogram for matspesialitetar frå norsk landbruk. Det visast i den samanheng til arbeidsgrupperapporten VSP mat etter 2010? – virkemidler til innovasjon, verdiskaping og mangfold på matområdet, frå mars 2010. Hovudmålet for matsatsinga er auka verdiskaping i primærproduksjonen gjennom å bidra til utvikling, produksjon, kommersialisering og sal av norske matspesialitetar. Utviklingsprogrammet er ein målretting av virkemidla til innovasjon og mangfald på matområdet. Det er foreslått sett av 63,5 mill. kroner til utviklingsprogrammet i 2011. Av dette er 1,5 mill. kroner knytt til administrasjon i Innovasjon Norge, jf. tabell 2.12. Programmet delast inn i tre tilskuddsordningar: Lokalmatprogrammet, Tilskott til kompetanse og regionale kompetansepunkt (K-punkt) og tilskott til å byggje omdøme.
Lokalmatprogrammet
Lokalmatprogrammet er den delen av VSP mat som gir direkte støtte til bedriftene som produserer matspesialitetar. Lokalmatprogrammet omfattar støtte til bedrifter i alle utviklingsfasar, frå nyetablering til utviklingsprosessar i små og mellomstore bedrifter. Støtte til vekstbedrifter er ein sentral del av programmet. Programmet skal òg tilby eigne verkemiddel til etablering og utvikling av produsentsamenslutningar.
Tilskottsordning til kompetanse og regionale kompetansepunkt (K-punkt)
Ordninga vil innebere ei styrking av kompetansen ved mellom anna ei sterkare regional forankring, betre koordinering av tenestene og eit utvida tilbod til bedriftene. Det blir òg etablert eit nytt tilbod om kompetanse innan marknadstenester til lokalmatprodusentar leia av Stiftinga KSL Matmerk.
Tilskottsordning til å byggje omdøme (tidligare Offentlege strategiar)
Midla under Offentlege strategiar har hittil blitt brukt til å profilere norsk mat og reiseliv nasjonalt og internasjonalt. Betre samordning av midla under Offentlege strategiar med dei andre midla til utvikling og profilering under LUF vil føre til ei meir målretta satsing på profilering og omdøme. Støtte til mellom anna bondens marknad, Internationale Grüne Woche (IGW) og Måltidets Hus i Stavanger inngår i tilskottsordninga.
Regjeringa er opptatt av å utvikle samspelet mellom landbruket og andre næringar og sektorar på matområdet. I den forbindelse vil det bli lagt til rette for at den industrielle kompetansen og arbeidsmetodikken i Selskapet for industrivekst (SIVA) skal kome landbruks- og matnæringa til gode. Her inngår mellom anna SIVA og Innovasjon Norge si vekting av inkubatorar for mat- og naturbaserte verksemder. Tett oppfølging av bedriftene i dei til saman seks inkubatorane, med profesjonell rådgjeving, støtte til administrative funksjonar, nettverksbygging, kopling til investorar og kompetent kapital fører til større vekst og overleving for bedriftene. Regjeringa vil vidareføre støtte til inkubatorsatsinga i 2011.
Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar
Formålet med bygdeutviklingsmidlane er å leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, samt desentralisert busetjing, med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseigedommen spesielt. Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar kan gis til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedommen, og som støtte til investeringar med mål om å oppretthalde eit variert landbruk gjennom å bidra til modernisering av driftsapparatet. Norsk institutt for landbruksforskning (NILF) har i samarbeid med Norsk senter for Bygdeforsking evaluert dei fylkesvise, bedriftsretta BU-midlane. Forslaga til endringar i utforminga av dei fylkesvise BU-midlane vil sjåast i samanheng med arbeidet med ny melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken. Inntil vidare leggjast det opp til ei vidareføring av hovudprinsippa i forvaltninga av dagens BU-midlar, basert på den nasjonale strategien Ta landet i bruk!
For 2011 er dei fylkesvise BU-midlane samla sett foreslått auka med 56,5 mill. kroner i høve til den ordinære løyvinga for 2010. Av dette er 30 mill. kroner knytt til administrasjon i Innovasjon Norge, jf. tabell 2.12. Delen av midlane til utreiings- og tilretteleggingstiltak blir redusert med 5 mill. kroner i 2011. Utlånsramma for lån med rentestøtte vidareførast med 1 000 mill. kroner i 2011. Nivået for maksimal sats til rentestøtte er 4 pst.
Sentrale bygdeutviklingsmidlar
Midlane går til prosjekt av fylkesovergripande og landsomfattande karakter med innovasjon og næringsutvikling som siktemål. Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane kan òg finansiere nødvendig utgreiingar og profileringsaktivitetar for å styrkje arbeidet med landbrukspolitikken. For 2011 er det foreslått sett av 17 mill. kroner til sentrale BU-midlar.
Inn på tunet
Midlane til Inn på tunet blir auka med 1 mill. kroner til totalt 9 mill. kroner i 2011. Satsinga skal vere todelt. Det er sett av 4 mill. kroner til nasjonale og regionale utviklingsprosjekt og pilotprosjekt med nasjonal overføringsverdi i 2011. Midla til kommunesatsinga Inn på tunet-løftet, saman med Kommunal- og regionaldepartementet, vidareførast med 5 mill. kroner i 2011.
Landbruks- og matdepartementet har sett i gang arbeidet med ein Nasjonal strategi for Inn på tunet. Strategien skal bidra til utvikling av tverrsektorielle mål for tenesteutvikling og forankring av Inn på tunet i andre fagsektorar og forvaltning. Dokumentasjon, forsking, utdanning, kompetanse, kvalitetssikring, økonomi og organisering vil vere viktige tema for det nasjonale strategiarbeidet. Det leggjast opp til ein brei prosess, og med ferdigstilling av strategien i 2011.
Grønt reiseliv
Utviklingsprogrammet for grønt reiseliv i Noreg blir ført vidare. Målet med programmet er å realisere det potensialet som ligg i utvikling av Noreg som ferieland og næringa sine ambisjonar om auka verdiskaping med basis i garden og bygdene sine ressursar. Det blir satsa særskilt på kompetanseheving, produktutvikling, marknadsføring, samarbeid og alliansebygging. Det er foreslått sett av 18 mill. kroner til grønt reiseliv i 2011.
Mat langs nasjonale turistvegar
I jordbruksoppgjeret 2009 vart det sett i gang eit treårig prosjekt kalla Mat langs nasjonale turistvegar med ei total ramme på 6 mill. kroner. Prosjektet er etablert med ei nasjonal styringsgruppe, og målet er å auke landbruksbasert næringsutvikling innanfor mat, reiseliv og opplevingar langs turistvegane. Samarbeidet med Statens vegvesen og dei aktuelle kommunar og fylkeskommunar vidareførast med 2 mill. kroner i 2011.
Innlandsfisk
Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd ein handlingsplan for innlandsfiske. I handlingsplanen er det dokumentert at det er gode moglegheiter for å ta ut eit monaleg, unytta potensial når det gjeld innlandsfiske som attåtnæring i landbruket. Det gjeld både som matressurs gjennom yrkesfiske og oppdrett, og som grunnlag for auka fiskeopplevingar knytt til bygdebasert turisme og reiseliv. I 2007 blei det etablert eit femårig utviklingsprogram for innlandsfiske. Det er foreslått sett av 4 mill. kroner til programmet i 2011.
Verdsarv
Landbruket og landbruket sitt kulturlandskap er ein viktig del av verdiane som ligg i verdsarvområda Vegaøyene og Geirangerfjorden/Nærøyfjorden. I marknadsføringa av Noreg som reisemål blei kulturlandskapet i verdsarvområda aktivt profilert. I jordbruksoppgjeret 2009 blei det bestemt at satsinga skulle evaluerast i forkant av jordbruksoppgjeret 2010. NILF har evaluert satsinga, og hovudkonklusjonen er at forvaltningsmodellen for verdsarvsatsinga fungerer godt, både i høve til å følgje opp målsettingar i tiltaksplanane og med omsyn til praktisk forvalting. Verdsarvsatsinga over jordbruksavtalen vidareførast som ein femårig satsing etter noverande modell, og med ein løyving på 3 mill. kroner årleg. Satsinga må sjåast i samanheng med Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet sine tiltak i verdsarvområda.
Frukt og bær, kulturlandskap og reiseliv på Vestlandet
Ei satsing på frukt, bær, kulturlandskap og reiseliv på Vestlandet starta opp i 2008, og skal gå over fem år. Hovudmålet er å utvikle eller vidareutvikle produkt og tenestar, særleg knytt til reiseliv, med utgangspunkt i profesjonell frukt- og bærproduksjon. Det er foreslått sett av 2 mill. kroner til satsinga i 2011.
Utviklingstiltak for geit – prosjektet Friskare geiter
Løyvinga til utviklingstiltak for geit er foreslått vidareført i 2011 med 15 mill. kroner. Prosjektet vidareførast i ein del III med mål om å fullføre sanering for heile geitebestanden i Noreg. Vidareføringa føreset tiltak som reduserer moglegheit for resmitte av sanerte besetningar, og behov for nødvendige endringar i regelverk skal derfor vurderast av Mattilsynet. Det leggjast òg til grunn at varemottakar (meieri/slakteri) støtter opp om prosjektet gjennom differensiering av produktpris frå sanerte og dokumentert friske besetningar. Konsekvensar av ikkje å gjennomføre saneringsprogrammet gjerast tydeleg frå myndigheitene og varemottakarar.
Forsking
Det er foreslått sett av ei løyving til forsking på 48 mill. kroner i 2011. Oppfølging av prioriterte områder for forsking i St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, skal ha særskilt prioritet. Dette er reduserte klimagassutslipp, auka karbonbinding i jord, matsikkerheit, mattryggleik, utnytting av moglegheiter innanfor eit endra klima og utvikling av fornybar energi frå landbruket. Andre prioriterte område er økologisk produksjon, HMS og auka forskingsbasert kunnskap på område som prioriterast i rapporten Kunnskapsstatus og forskingsbehov for Inn på tunet (UMB 2008).
E-sporing, fagpilotar
Regjeringa starta i 2006 eit prosjekt i samarbeid med Mattilsynet og næringsaktørar i heile matproduksjonsverdikjeda for å leggje grunnlaget for eit betre system for sporing av mat. Prosjektet har etablert pilotprosjekt innan fleire kjedar; frukt og grønt, korn, kjøtt og mjølk. Ramma for medfinansiering av utviklings- og administrasjonsoppgåver knytt til arbeidet med fagpilotane i 2011 er 2 mill. kroner.
Beiteprosjekt
Beiteprosjektet er ei vidareutvikling av prosjektet med forsterka tilsyn i Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal frå 2007 og det landsdekkjande Beiteprosjektet frå 2009. Målet med prosjektet er å få til eit betre sauehald med mindre tap av dyr på beite. Det er sett av 5 mill. kroner for 2011, inkludert vidareføring av arbeid med beiterelaterte sjukdommar.
Tap av sau og lam på beite ligg generelt på eit for høgt nivå, og dokumentasjon om tap og andre forhold knytt til utmarksbeiteperioden må bli betre. Erfaringar frå tilsyns- og beiteprosjektet (2007-2009) tilseier at eit meir målretta tilsyn kopla med bruk av elektronisk overvaking effektiviserer tilsynet og nødvendige tiltak kan setjast inn tidlegare. Det tas sikte på å avslutte prosjektet i 2012.
Sametingets midlar til næringsformål og konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift
Overføringa til Sametingets midlar til næringsformål i 2011 holdast på same nivå som i 2010, det vil seie 2 mill. kroner. Det leggjast til grunn at samarbeidet og koordineringa mellom Sametingets midlar til næringsformål, Innovasjon Norge og fylkesmennene i Finnmark og Troms utviklast vidare for å få best mogleg effekt av midlane til næringsutvikling i desse fylka. Det setjast òg av 1 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift.
Tilbakebetalte reguleringsmidlar
I jordbruksoppgjera 2007 og 2008 var det semje om å tilføre LUF til saman 56,5 mill. kroner av tilbakebetalte investeringsmidlar gitt til reguleringsanlegg som ikkje lenger blir nytta til formålet. Dette skulle kombinerast med å etablere eit uviklingsprogram for frukt og grønt under den ordinære tildelingsramma for LUF. Tabellen under viser disponering av midlane i 2011 m.m.
Tabell 2.13 Tilbakebetalte reguleringsmidlar disponert i 2010-2012.
Tiltak | 2010 | 2011 | 2012 |
---|---|---|---|
Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap1 | 3,5 | 2,0 | 2,0 |
Utviklingsprogram for frukt og grønt | 2,0 | 2,0 | 2,0 |
Energi i veksthusnæringen | 1,0 | 1,0 | |
Sum | 6,5 | 5,0 | 4,0 |
1 1,5 mill. kroner tilførast programmet i 2010, jf. tabell 2.12
Spesielle miljøtiltak i landbruket sitt kulturlandskap (SMIL)
Spesielle tiltak i jordbruket sitt kulturlandskap går i all hovudsak til enkeltføretak i jordbruket, men òg andre eigarar av landbrukseigedom og einskilde lokale lag og foreiningar mottek støtte. Den kommunale SMIL-ordninga kan bli brukt til mange typar miljø- og kulturmiljøtiltak som til dømes inngjerding av beite og til skjøtsel av viktige biotopar som gamle slåtteenger og lyngheier. Det leggjast opp til revidering av forskrifta i løpet av 2010 i tråd med føringane frå St.prp. nr. 75 (2008-2009) Om jordbruksoppgjeret 2009.
Kommunane har eit stort ansvar for å prioritere tilskott til dei viktigaste miljøutfordringane. Kommunane bør såleis arbeide for å kople aktive jordbruksføretak og eigar av viktige miljøverdiar der drifta har opphørt, for at slike verdifulle areal òg kan skjøttast. Fylkesmannen har ansvar for å kanalisere midlane, slik at dei blir målretta for størst miljønytte. SLF har ansvar for å fordele midlane til fylka ut frå oppnådde resultat. Løyvinga til SMIL-ordninga settast til 115 mill. kroner i 2011.
Investeringstøtte til organisert beitebruk
Investeringstøtta til organisert beitebruk er frå 2010 ei eiga ordning som blir forvalta av fylkesmannen. Midlane kan, i tillegg til dei tradisjonelle fellestiltaka i beitelaga, gå til støtte til innkjøp av radiobjeller i beitelag med store rovvilttap og som har ein heilskapleg strategi for å redusere tap til rovvilt. Løyvinga til investeringstøtte til organisert beitebruk blir auka med 5 mill. kroner til 11 mill. kroner i 2011. I tillegg blei det satt av 2 mill. kroner ekstra i 2010, jf. tabell 2.12.
Informasjons- og utviklingstiltak, miljø
Det er stort informasjonsbehov overfor næringsutøvarar og kommunar når det gjeld kva som er mogleg med dei nye miljøordningane. Det er òg behov for informasjon og rettleiing for å betre miljøinnsatsen gjennom miljøplanarbeidet. Informasjons- og utviklingstiltaka skjer i regi av Fylkesmannen og SLF. Løyvinga til Informasjons- og utviklingstiltak vidareførast med 10 mill. kroner i 2011.
Nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak i jordbruket
Nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak blei starta opp i 2008 som eit femårig program. 2011 er det fjerde året for programmet. Jordbruket er ein del av naturen sitt naturlege kretslaup, samtidig som eit høyproduktivt jordbruk òg bidrar til klimagassutslepp. Temaområdet er stort og komplekst. Det er behov for utgreiingar mellom anna knytt til lagring og bruk av husdyrgjødsel, biogass, metanutslepp frå drøvtyggjarar og lagring av karbon i jord. Det er vidare behov for formidling av kunnskap frå forskingsmiljø og sentral forvaltning til lokal forvaltning, rettleiingsapparat og næringsutøvarar. Løyvinga vidareførast med 6 mill. kroner i 2011.
Forvaltning av utvalde kulturlandskap
På bakgrunn av ein rapport frå SLF, Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning har Landbruks- og matdepartementet saman med Miljøverndepartementet peika ut 20 utvalde kulturlandskap i jordbruket med særskilte miljømessige verdiar. Dei 20 områda utgjer eit eksklusivt utval der grunneigarar/drivarar er nøkkelspelarar i synleggjering og verdiskaping. Løyvinga vidareførast med 8 mill. kroner i 2011. Det føresetjast samtidig at Miljøverndepartementet samfinansierer ordninga innanfor ramma av dei årlege budsjett.
Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap
Programmet vidareførast i 2011. Hovudtema i programmet er:
Nye landbruksbygg og kulturlandskap, under dette design av landbruksbygg og tun
Ny bruk av ledige landbruksbygg
Kartleggjing av kulturhistorisk viktige landbruksbygg
Programmet skal hente inn informasjon og kunnskap om utforming av store landbruksbygg og stimulere til ny bruk av ledige landbruksbygg for å sikre at kulturlandskapsverdiane blir ivaretekne. Programmet skal òg syte for at det blir utvikla metodar for kartlegging av kulturhistorisk viktige landbruksbygg. Det blir sett av 2 mill. kroner til programmet i 2011. I tillegg blei det sett av 1,5 mill. kroner ekstra i 2010.
Beiteareal for gås
Ordninga med tilskott for tilrettelegging for beiteareal for gås (kortnebbgås og kvitkinngås) har no fungert i 4 år. Det rapporterast at ordninga fungerer etter hensikta, men at utfordringane aukar noko som følgje av aukande bestand. Miljøverndepartementet stør opp om ordninga gjennom overvaking og tilrettelegging av kunnskap. Det er sett i gang eit overvakingsprogram i samarbeid med mellom anna Danmark. Overvakinga gir godt grunnlag for å målrette jordbrukstiltaka. Løyvinga til ordninga aukast med 1 mill. kroner til 3,5 mill. kroner i 2011.
Utviklingstiltak innan økologisk landbruk
Medan utviklinga fram til 2008 viste ein monaleg vekst i marknaden, har etterspurnaden gått ned det siste året målt i volum. På den andre sida har prisen på økologiske produkt auka, slik at det også i 2009 har vore ei auka omsetning av økologisk vare målt i kroner. Eit betre tilbod av økologiske produkt er avhengig av eit fungerande samarbeid mellom dei ulike ledda i verdikjeda. Erfaringane frå 2009 viser at auka innsats i siste ledd av verdikjeda er nødvendig for å motverke ein ytterligare ubalanse mellom økologisk produksjon og omsetning.
Midlane til utviklingstiltak blir auka med 1 mill. kroner til 44 mill. kroner i 2011. Midlane skal gå til ordninga om krav til driftsplan før 1. gongs inspeksjon og rettleiings- og informasjonsarbeid om økologisk produksjon generelt, og særskilt i samband med kornkampanjen 2011. I tillegg skal heilkjedeprosjekt som aukar etterspurnaden i marknaden prioriterast.
Skogbruk og bioenergi
Løyvingane til skogbruk og bioenergi under LUF er fastsett gjennom jordbruksavtalen. Midlane går til tiltak for å auke den skogbaserte verdiskapinga og klima- og energigevinstane frå ressursane i landbruket, jf. kat. 15.30. Tiltaka får ei ramme på 229 mill. kroner for 2011, ein auke på 11 mill. kroner frå 2010. Av dette er 1 mill. kroner knytt til administrasjon av bioenergiprogrammet i Innovasjon Norge, jf. tabell 2.12. Den konkrete fordelinga av LUF-midlane mellom ulike tiltak knytt til jordbruksavtalen, blir bestemt etter drøftingsmøte med avtalepartane hausten 2010.
Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blir forvalta av fylkesmennene og kommunane for å sikre gode løysingar på tvers av kommunegrensene. Tilskott til bioenergitiltak blir forvalta av Innovasjon Norge, i likskap med tresatsinga, som er nærmare omtalt under kap. 1149.
Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket
Formålet med tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er å stimulere til aktiv ressursforvaltning og auka verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tekne vare på og vidareutvikla. Midlane er sentrale i ei langsiktig og heilskapleg satsing på næringsverksemda i skogbruket, og dei kan nyttast til tiltak innanfor skogkultur, skogsvegbygging, miljøtiltak og ulike andre tiltak i skogbruket.
Større aktivitet i skogbruket er med på å løyse klimautfordringane gjennom at skog tek opp CO2, leverer fornybar energi og klimavennlege materialar som gir varig binding av karbon. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen slår regjeringa fast at det er nødvendig med auka opptak av karbon i skog, og det gir nye utfordringar til aktiviteten i skogkulturarbeidet.
Skogkultur omfattar fleire tiltak som er viktige for å få høg kvalitet på skogen. Dette gjeld mellom anna planting, såing, markriving og stell av ungskog. Regjeringa vil at staten skal ta eit medansvar for desse mest langsiktige investeringane i skogbruket. I samband med dette er det nødvendig med god kommunikasjon mellom plantetilbydarar og -kjøparar, slik at plantene blir produsert og omsett i rett mengd til rett pris.
Resultatkontrollen viser at planteaktiviteten er altfor låg, og ei slik utvikling gjer at vi byggjer ned ressursbasen som skal bidra til mellom anna auka bruk av tre og bioenergi. Departementet tek dette på alvor og har varsla ein forsterka kontroll frå hausten 2010 for å følgje opp skogbruket sitt ansvar for å forynge etter hogst.
Med bakgrunn i St.meld. nr. 39 (2008-2009) er det òg aktuelt å sjå nærmare på om det er rett å setje i gang prosjekt for å byggje opp meir skog for å binde karbon som eit ledd i den samla klimapolitikken til regjeringa.
Vidare kan tilskotta til nærings- og miljøtiltak i skogbruket nyttast til nybygging og ombygging av skogsvegar. Vegnettet er ein viktig føresetnad for aktiviteten i skogbruket. Ein godt utbygd infrastruktur vil òg ha stor verdi for å kunne få til lønnsame leveransar av bioenergivirke. Det er eit stort behov for ombygging av eksisterande skogsbilvegnett for å få dei i samsvar med krava transportmidla i dag set med omsyn til bereevne og utforming. I nokre strøk med låg vegdekning, spesielt i kyststroka, er det òg behov for nybygging i samsvar med hovudplanane for veg, for å leggje til rette for ei rasjonell forvaltning og bruk av skogressursane.
Det blir elles gitt tilskott til ulike miljøtiltak i skog eller til skogsdrift med taubane, hest og anna for å auke avverkinga i bratt og vanskeleg terreng, og for å fremje bruk av miljøvennlege løysingar i slike område. Dette gjer det òg lettare å få ut virke frå skogen, til dømes for å auke produksjonen av bioenergi.
Departementet opnar òg for at midlane kan nyttast til mindre nærings- og miljøtiltak som ikkje er omfatta av andre ordningar og som lokalt kan vere viktige for utvikling av skogbruket.
Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og landsdekkjande kompetansetiltak
Det er eit mål å auke hogsten monaleg, og eit aktivt skogbruk krev god kunnskap om både skog- og miljøressursane. Tilskott til skogbruksplanar med miljøregistreringar gir skogeigarane eit viktig grunnlag for å auke hogsten og produksjonen av bioenergi på ein berekraftig måte.
Fylkesmannen deler løyvingsramma mellom kommunane etter ein hovudplan for fylket. Departementet har teke initiativet til ein gjennomgang av skogbruksplanlegginga for å sjå på dei nye utfordringane skogbruket må møte, mellom anna i lys av nye metodar for datainnsamling og handtering som stadig utviklar seg. Dette arbeidet vil gi føringar for skogbruksplanlegginga framover. Det vil òg bli tildelt midlar frå denne underposten til kompetansesenteret for skogbruksplanlegging ved Norsk institutt for skog og landskap. Dette omfattar serviceoppgåver instituttet utfører overfor fylka og kommunane i saker omkring takst og skogbruksplanlegging.
Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) er eit kompetansesenter for næringsutvikling og forvaltning av skog- og arealressursar, og har ei landsomfattande verksemd. SKI har ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, utvikle og ta vare på kompetent arbeidskraft i skogbruket, og i å møte nasjonale utfordringar ved sviktande rekruttering til skogbruket generelt. Departementet gjer framlegg om støtte til å utvikle og gjennomføre kompetansetiltak på skog- og utmarksområdet. Tiltaka er retta mot offentleg og privat rettleiingsapparat, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet, hovudsakeleg i regi av SKI (Aktivt skogbruk mv.). SKI sitt arbeid retta mot barn og unge gjennom Lære med skogen, ulike nettilbod og anna er òg prioriterte oppgåver. Departementet ser positivt på at SKI utviklar samarbeidet med Norsk institutt for skog og landskap vidare. Kunnskapsbehova er i rask endring, og SKI må byggje på eit kunnskapsgrunnlag frå eit stadig breiare spekter av kunnskapsinstitusjonar. Eit godt samarbeid i sektoren er ein føresetnad for ei vellukka kompetanseutvikling.
Kystskogbruket
Kystskogbruket har særskilte utfordringar. Nokre av dei viktigaste er knytt til eigedomsstrukturen; mange små eigedommar, mindre tradisjonar for aktivt skogbruk, at mykje av skogen er vanskeleg tilgjengeleg på grunn av låg vegdekning og krevjande terreng, samt lite utbygd industri. Kystfylka har høgare transportkostnadar og vanskelegare avsetningsforhold samanlikna med skogstroka. Samtidig har kystfylka store skogressursar med stort potensial for verdiskaping og positive klimabidrag. Dette er årsaka til den særskilte prioriteringa av kystskogfylka.
I 2009 blei ramma til kystskogbruket dobla til 10 mill. kroner. Samstundes blei Vest-Agder rekna inn under denne ordninga.
Midlane blir fordelt fylkesvis og kan nyttast til dei formåla fylka meiner det er grunn til å prioritere. Midlane kan òg nyttast til ulike fellestiltak og samfinansiering på tvers av fylkesgrensene, til dømes samarbeid om planlegging, infrastrukturtiltak og kompetanse eller utvikling av nye løysingar for skogsdrift.
Bioenergi
Hovudmålet for departementet si satsing på bioenergi er å auke verdiskapinga ved bruk av råstoff frå landbruket til bioenergi og leveransar av biovarme til andre samfunnssektorar. Det er samtidig eit mål å oppnå positive klima- og energigevinstar. Auka uttak av skogsråstoff til bioenergi er såleis eit viktig element i regjeringa si satsing på auka avverking og bruk av trevirke. Landbruks- og matdepartementet sine verkemiddel inngår som element i ein målretta og koordinert verkemiddelbruk for auka utbygging av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020.
Bioenergiprogrammet er eit av dei viktigaste verkemidla i departementet si satsing på bioenergi. Programmet blir forvalta av Innovasjon Norge. Gjennom programmet blir det gitt støtte til småskala varmeanlegg, gardsanlegg, pilotprosjekt for biogass, flisproduksjonsutstyr og kompetansetiltak m.v. Ved vurdering av anlegg for biogass skal det leggjast vekt på miljøgevinsten i vidaste meining, i tillegg til kriteria for energieffektivitet og lønnsemd og behovet for oppbygging av kompetanse.
Sidan etableringa av programmet i 2003 er det gitt støtte til nær 500 gardsvarmeanlegg, med eit energiutbytte på opp mot 40 GWh. Vidare har 15 veksthus fått støtte til å installere bioenergikjelar, som til saman gir om lag 14 GWh.
I St.prp. nr. 67 (2008-2009) foreslo regjeringa ei løyving på 200 mill. kroner til ekstraordinære investeringstiltak for landbruket. Av dette blei 50 mill. kroner tilført LUF til utsiktsrydding, bioenergitiltak og skogkultur. Av dette gjekk 25 mill. kroner til å styrkje bioenergiprogrammet, 15 mill. kroner til utsiktsrydding og 10 mill. kroner til skogkultur. Det blei særleg stor etterspurnad etter midla til utsiktsrydding, og midlane gjekk til å finansiere prosjekt i alle fylka – til saman 144 prosjekt. Elles blei midla til skogkultur også bruka opp innan utgangen av året som fylgje av eit stort innmeldt behov.
Det er knytt store utfordringar til å nå målet om auka utbygging av 14 TWh bioenergi innan 2020. Departementet sine verkemiddel tek mellom anna sikte på å bidra til utvikling av ein meir velfungerande marknad og større utbod av bioenergiråstoff. Det er heilt nødvendig å få eit løft i bygginga av anlegg og leidningsnett for biovarme, dersom det skal vere mogleg å nå målet. Midlane frå Olje- og energidepartementet til Enova, mellom anna styrking av Energifondet, er hovudfinansieringskjelda for slike infrastrukturtiltak.
Underpost 50.12 Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon
Formålet med fondet er å gi økonomisk kompensasjon til føretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av forhold som føretaket ikkje rår over. Frå 2007 omfattar fondet følgjande ordningar:
Som følgje av klimatiske årsaker:
tilskott ved avlingssvikt i planteproduksjon
tilskott ved tap av bifolk, og svikt i honningproduksjon
tilskott til reparasjon av vinterskadd eng
Som følgje av katastrofeprega hendingar:
erstatning for tap av sau på beite
Det blir ikkje gitt erstatning dersom tapet kan dekkjast gjennom allment tilgjengelege forsikringsordningar.
Erstatningsordningane som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg blir løyvd utanfor jordbruksavtalen på kap. 1143 post 73.
Skadefondet hadde ved inngangen til 2010 ein eigenkapital på 76 mill. kroner, mens det er prognosert eit forbruk på 40 mill. kroner. Partane i jordbruksoppgjeret har vurdert ei løyving på 30 mill. kroner i 2011 til å gi fondet ein tilfredsstillande kapitalsituasjon.
Post 70 Marknadsregulering, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
70.11 | Tilskott til marknadstiltak | 18 870 | 18 900 | 18 900 |
70.12 | Tilskott til råvareprisordninga | 197 619 | 249 100 | 195 000 |
70.13 | Tilskott til eksportrestitusjon | 3 608 | 1 600 | |
Sum post 70 | 220 097 | 269 600 | 213 900 |
Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak
Formålet med marknadstiltaka er å medverke til at ein kan nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og medverke til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. Kostnadene ved marknadsregulering blir dekt av løyvinga til marknadstiltak over jordbruksavtalen og gjennom omsetningsavgifta. For 2011 er det budsjettert med følgjande ordningar finansiert over budsjettet:
Avsetjingstiltak hagebruk: 3,9 mill. kroner
Kollektiv dekking av omsetningsavgift hagebruk: 10 mill. kroner
Tilskott til kadaverhandtering: 5 mill. kroner
Ein gjer framlegg om ei løyving på 18,9 mill. kroner i 2011.
Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga
Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksportert. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.
På grunn av at prisane på verdsmarknaden fall igjen i 2009 auka prisnedskrivinga og forbruket på RÅK-ordninga frå 122,5 mill. kroner i 2008 til 197,6 mill. kroner i 2009. Den monalege auken i målprisane i dei seinaste jordbruksoppgjera gjer også at løyvingane til RÅK må aukast. Verdsmarknadsprisane har no stabilisert seg og forbruket til prisnedskriving i 2010 blir lågare enn budsjettert.
For 2011 gjer ein framlegg om ei løyving på 195,0 mill. kroner.
Underpost 70.13 Tilskott til eksportrestitusjon
Underposten omfatta ordninga med eksportrestitusjon for leveransar til spesialmarknader (oljeinstallasjonar, Svalbard, ambassadar m.m.).
Orninga blei avvikla frå 1.1.2010.
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
73.11 | Tilskott til norsk ull | 137 262 | 142 000 | 138 000 |
73.13 | Pristilskott mjølk | 523 777 | 562 100 | 564 000 |
73.15 | Pristilskott kjøtt | 670 409 | 660 800 | 654 500 |
73.16 | Distriktstilskott egg | 8 928 | 7 500 | 8 500 |
73.17 | Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet | 64 707 | 63 000 | 74 300 |
73.18 | Frakttilskott | 213 789 | 246 200 | 314 200 |
73.19 | Tilskott til prisnedskriving av norsk korn | 328 324 | 407 700 | 407 700 |
73.20 | Tilskott matkorn | 82 733 | 86 300 | 86 300 |
73.21 | Tilskott til prisnedskriving av potetsprit | 20 000 | 20 000 | 20 000 |
Sum post 73 | 2 049 929 | 2 195 600 | 2 267 500 |
For pristilskotta under jordbruksavtalen blir partane samde om satsar per eining, og løyvinga vil kunne variere som følgje av variasjonar i voluma under dei enkelte ordningane. For post 73 samla inneber ei volumjustering av prognosane i 2011 at forbruket på posten vil auke med 10,9 mill. kroner samanlikna med 2010. Dei endra satsane i jordbruksoppgjeret gir ein auke på 61,0 mill. kroner. Samla gir dette ei auka løyving i 2011 på om lag 72 mill. kroner samanlikna med 2010.
Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull
Tilskottet skal medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg medverke til ei betring av kvaliteten på norsk ull, samt sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.
Det blei ikkje foreslått endringar i tilskottet ved jordbruksoppgjeret, prognosert volum er justert noko ned, og ein gjer framlegg om ei løyving på 138 mill. kroner for 2011.
Underpost 73.13 Pristilskott mjølk
Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitmjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.
Formålet med pristilskott til mjølk er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen.
Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå null og opp til 175 øre per liter.
Det blei ikkje gjort endringar i pristilskotta for mjølk i jordbruksoppgjeret i år. Alle satsar er derfor uendra. Volumjusteringa aukar løyvingsbehovet med 1,9 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 564,0 mill. kroner til pristilskott mjølk for 2011.
Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt
Underposten omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt.
Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.
Formålet med distriktstilskotta er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen.
I jordbruksoppgjeret blei frakttilskotta til kjøtt auka. Satsen for distriktstilskott til gris i sone 4 blei satt ned frå 5,40 kr/kg til 5,10 kr/kg, svarande til 2 mill. kroner. Distriktstilskuttet til kylling og kalkun i Trøndelag blei tatt bort, medan det blei halvert frå 40 øre/kg til 20 øre/kg for Vestlandet og Agder. Dette inneber ei innsparing på 13,3 mill. kroner, mens volumjusteringa i 2011 gir eit auka forbruk på posten med 7 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 654,5 mill. kroner til ordninga med pristilskott til kjøtt for 2011. Av dette utgjer grunntilskottet 87,7 mill. kroner, mens 566,8 mill. kroner er distriktstilskott.
Underpost 73.16 Distriktstilskott egg
Formålet med ordninga er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Satsane for distriktstilskott til egg er uendra, mens volumjusteringa aukar løyvingsbehovet med 1,0 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 8,5 mill. kroner i 2011.
Underpost 73.17 Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet
Underposten omfattar distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg.
Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren og sikre ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetningsforhold.
I jordbruksoppgjeret blei satsane auka tilsvarande 6,3 mill. kroner, mens volumjusteringa aukar løyvingsbehovet med 5,0 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 74,3 mill. kroner i 2011.
Underpost 73.18 Frakttilskott
Underposten omfattar frakttilskott til kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal medverke til å jamne ut prisar til produsent og forbrukar.
I jordbruksoppgjeret blei det gitt auke i frakttilskottsatsane totalt med 68 mill. kroner, fordelt med 8 mill. kroner for kraftfôr og 60 mill. kroner for frakt av kjøtt. Ordninga med frakt til kjøt blei også lagt om og målretta meir mot distrikta.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 314,2 mill. kroner i 2011, fordelt med 130,2 mill. kroner til kjøtt, 9,2 mill. kroner til egg og 174,8 mill. kroner til korn og kraftfôr.
Underpost 73.19 Tilskott til prisnedskriving av norsk korn
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. For å fremje avsettinga av økologisk korn og erter, blir det gitt høgare satsar for desse varene. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret i år.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 407,7 mill. kroner for 2011.
Underpost 73.20 Tilskott til matkorn
Tilskottet til matkorn blir gitt både til norskprodusert og importert korn som brukast til produksjon av matmjøl. Formålet med ordninga er å halde prisen på matmjøl på eit nivå som kan sikre konkurransekrafta til norskproduserte bakevarer i forhold til import.
I jordbruksoppgjeret blei satsen for tilskottet ikkje endra.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 86,3 mill. kroner i 2011.
Underpost 73.21 Tilskott til prisnedskriving av potetsprit
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit gjennom marknadsordninga for potet. Det er ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 20 mill. kroner til ordninga i 2011.
Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
74.11 | Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon | 972 087 | 1 104 000 | 1 188 300 |
74.14 | Tilskott til husdyr | 2 122 990 | 2 186 000 | 2 229 200 |
74.16 | Beitetilskott | 458 568 | 611 100 | 698 600 |
74.17 | Areal- og kulturlandskapstilskott | 3 107 307 | 3 099 319 | 3 133 019 |
74.19 | Regionale miljøprogram | 386 692 | 410 000 | 410 000 |
74.20 | Tilskott til økologisk landbruk | 105 332 | 116 200 | 137 000 |
74.22 | Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel | 7 051 | 11 000 | 14 000 |
Sum post 74 | 7 160 027 | 7 537 619 | 7 810 119 |
Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon
Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen, jamne ut skilnader i lønnsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg, samt medverke til vidareføring av mjølkeproduksjonen i det sentrale Austlandsområdet. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å styrkje økonomien i spesialisert kjøttfeproduksjon.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for driftstilskott til mjølkeproduksjon auka over heile landet, men mest i områda utanfor Jæren og Oslofjorden. Harmoniseringa av satsane mellom samdriftsføretak og enkeltføretak er no gjennomført. Satsendringane utgjer ei auka løyving tilsvarande om lag 143 mill. kroner, mens reduksjonen i talet på mjølkeføretak gir ei innsparing på 59 mill. kroner.
Tilskottet til spesialisert kjøttproduksjon blei auka med 17 000 kroner per føretak med meir enn 50 kyr, og 340 kroner per ku for dei som har færre kyr.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 1 188,3 mill. kroner for 2011. Det fordeler seg med 120,4 mill. kroner til ammekyr og 1 067,9 mill. kroner til mjølkeproduksjon.
Underpost 74.14 Tilskott til husdyr
Tilskottet skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og etter storleik på bruk i husdyrhaldet. Ordninga skal òg støtte husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som verneverdige.
Tilskottet blir gitt per dyr/slakt og blir avgrensa oppover med ei beløpsgrense. I jordbruksoppgjeret blei det gitt auke i satsane til alle dei grovfôretande dyra. For dei kraftfôrbaserte produksjonane blei satsane redusert, og noko meir for Jæren enn for resten av landet.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 2 229,2 mill. kroner i 2011.
Underpost 74.16 Beitetilskott
Underposten består av eit tilskott til dyr som beitar i utmark, og eit tilskott til dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett på tilskotta, og dyr som beitar i utmark kan også oppnå det generelle beitetilskottet. Formålet med ordningane er å pleie kulturlandskapet gjennom å få mange dyr på beite, samt å få ei betre utnytting av utmarksbeiteressursane. Ordningane har òg ei positiv effekt på dyrevelferda.
I jordbruksoppgjeret blei tilskottssatsane auka tilsvarande 76,6 mill. kroner, medan tilpassing av løyvingsbehovet auka behovet med ytterlegare 10,9 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 698,6 mill. kroner i 2011, der tilskott til dyr på utmarksbeite utgjer 310 mill. kroner.
Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott
Underposten består av eit kulturlandskapstilskott med same sats per daa til alt jordbruksareal som fyller vilkåra for arealtilskott, og eit arealtilskott der satsane per dekar er differensiert ut frå type produksjon og kvar i landet den skjer. Tilskottet skal medverke til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Det er m.a. eit krav at alle føretak skal ha ein miljøplan. Miljøplanen skal medverke til ein meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til vedlikehald og forbetring av miljøgode og kulturlandskap.
Mellom anna for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gitt tilskott per dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker. Det skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, storleik på føretaka og distrikt.
I jordbruksoppgjeret blei nedre satsintervall for tilskott til grovfôr heva frå 200 til 250 dekar. For grønsaker blei også nedre intervall heva frå 60 til 80 dekar og satsane blei auka noko. For korn ble satsane per dekar justert opp 6 kroner per dekar i sone 1-3 og ned 11 kroner per dekar i sone 4-7. Dette var for å styre produksjonen og tilpasse leiejordprisane.
Av løyvinga på underposten har partane i jordbruksoppgjeret i samsvar med ein plan for utvikling og vedlikehald av digitale kart over heile landet fram til 2011, sett av 7 mill. kroner i 2011. Desse karta er eit viktig verktøy i forvaltninga av arealtilskotta. I jordbruksoppgjeret var partane einige om å flytte løyvinga på 7 mill. kroner over til det ordinære statsbudsjettet kap. 1139 post 70, som ei løyving til Norsk institutt for skog og landskap.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 3 133 mill. kroner i 2011.
Underpost 74.19 Regionale miljøprogram
Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vatn gjennom regionale og lokale tilpassa regelverk for økonomisk støtte.
Ordninga opnar for at fylka kan støtte tiltak som er mest målretta i sitt område, og vil medverke til å hindre gjengroing og stimulerer beiting og auka opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapportering tydar på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.
Regionale miljøprogram har medverka til gjennomføring av mange regionalt tilpassa miljøtiltak. Dette gir betre måloppnåing då miljøutfordringane ikkje er like frå fylke til fylke. Samstundes har eit desentralisert forvaltningsregime med mange nye ordningar medført auka forvaltningskostnader, særleg i oppstarten.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 410 mill. kroner i 2011.
Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk
Underposten dekkjer ordningane omleggingstilskott, ekstra arealtilskott og husdyrtilskott.
Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av landbruksproduksjonen i landet skjer i form av økologisk produksjon. Målet er at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk i 2020.
Omlegginga til økologisk produksjon gjer at løyvingsbehovet aukar med 13,3 mill. kroner med uendra satsar. I tillegg er det sett av 7,5 mill. kroner til ei særskild kornkampanje i 2011.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 137,0 mill. kroner i 2011
Underpost 74.22 Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel
Husdyrgjødsla utgjer ca. ¼ av alt nitrogenet som blir brukt i jordbruket. Gjennom vanleg spreiing forsvinn mykje av nitrogenet i form av ammoniakk (NH3). Dette er ei ordning som finansierer eit pilotprosjekt som har som mål å auke den delen av gjødsla som blir spreidd med miljøvennleg spreieteknologi og/eller som blir molda ned.
Oppslutninga om ordninga aukar og løyvinga blir foreslått auka med 3 mill. kroner til 14 mill. kroner i 2011.
Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
77.11 | Tilskott til dyreavl m.m. | 84 323 | 86 570 | 87 270 |
77.12 | Tilskott til frøavl m.m. | 6 565 | 7 520 | 7 520 |
77.13 | Tilskott til forsøksringar og teknisk planlegging | 38 900 | 46 400 | 47 500 |
77.14 | Tilskott til pelsdyrfôrlag | 23 200 | 23 200 | 23 200 |
77.15 | Tilskott til kvalitetstiltak | 35 038 | 35 240 | 35 740 |
77.17 | Tilskott til fruktlager | 8 000 | 9 000 | 10 000 |
Sum post 77 | 196 026 | 207 930 | 211 230 |
Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.
Tilskott til dyreavl m.m. skal medverke til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa vårt miljø. Ordninga skal òg sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.
Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og medverke til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.
For 2011 er det prognosert 30 mill. kroner til semintenester, 44,0 mill. kroner til veterinærreiser og 13,3 mill. kroner til avlsorganisasjonar.
Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 87,3 mill. kroner for 2011.
Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.
Formålet med tilskottet er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 7,5 mill. kroner for 2011.
Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving
Formålet med ordninga er å medverke til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i forsøksringane, slik at desse ved hjelp av tilskottet og eigenfinansiering kan drive rådgiving som er lønnsam for medlemmane. Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre likeverdig rådgivingstilbod over heile landet.
I jordbruksoppgjeret fekk Norsk Landbruksrådgiving (NLR) ansvar for å tilby ei landsdekkande teneste knytt til teknisk planlegging i landbruket frå 1.1.2010.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 47,5 mill. kroner for 2011.
Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôr
Underposten omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å medverke til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff til fôrkjøkken og utfrakt av ferdig fôr til pelsdyrfarmane. Ordninga skal fremje ei rasjonell omsetning av fôr til pelsdyr og bidra til geografisk utjamning av produksjonskostnader.
Produksjon av pelsdyrskinn har ikkje noko grensevern i Noreg. Tilskott til pelsdyrfôr er ein refusjon av fôrkostnader knytt til meirkostnader som følgje av det norske grensevernet på korn og kornsubstitutt. Refusjonsordninga skal medverke til at fôrkostnadene i næringa blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden. Formålet er å gi norskproduserte pelsdyrskinn likeverdige konkurranseforhold med andre land.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 23,2 mill. kroner i 2011. Løyvinga er fordelt med 17,8 mill. kroner til frakt av pelsdyrfôr og 5,4 mill. kroner i kostnadskompensasjon til pelsdyrfôr.
Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak
Underposten inneheld fleire ordningar som skal medverke til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.
Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe norsk hagebruk plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet. Tilskottet til opplysningsarbeidet om frukt, bær og grønsaker finansierast kollektivt over jordbruksavtalen framfor via omsetningsavgift, og skal stimulere til auka totalforbruk av frukt, bær og grønsaker. For å fremje omsetninga av norskproduserte poteter kan det gis tilskott til tiltak for å betre potetkvaliteten, til produsentsamanslutningar og til produsentretta informasjon om marknadstilhøva.
For 2010 blei 3,5 mill. kroner av løyvinga til riktig bruk og dermed redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel ført over til Bioforsk sitt budsjett (kap. 1112 post 51), til vidare drift av varslingsordninga som er etablert (VIPS).
Ein gjer framlegg om ei løyving på 35,7 mill. kroner i 2011 som er fordelt som følgjer:
Produsentretta rådgiving vedrørande potet og støtte til produsentsamanslutningar: 2,2 mill. kroner
Opplysningsverksemd frukt, grønt og potet: 5,5 mill. kroner
Utvikling av plantemateriale: 10,0 mill. kroner
Kvalitetstiltak settepotetavl: 5,74 mill. kroner
Handlingsplan plantevernmiddel: 9,0 mill. kroner
Premieringsordning for økologisk kjøtt: 2,5 mill. kroner
Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager
Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremje eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetning av frukt som medverkar til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt. I jordbruksoppgjeret blei tilskottet auka med 1 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 10 mill. kroner til ordninga i 2011.
Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
78.11 | Tilskott til avløysing for ferie/fritid | 1 089 636 | 1 121 269 | 1 173 569 |
78.12 | Tilskott til avløysing for sjukdom m.m. | 171 750 | 173 600 | 186 300 |
78.13 | Medlemsavgift til folketrygda | 130 800 | 130 800 | 130 800 |
78.14 | Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket | 88 000 | 88 000 | 88 000 |
78.15 | Tilskott til andre velferdstiltak | 69 726 | 81 000 | 79 000 |
78.16 | Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar | 106 127 | 110 035 | 102 035 |
Sum post 78 | 1 656 039 | 1 704 704 | 1 759 704 |
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid
Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie, få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å medverke til finansiering av innleie av arbeidskraft.
Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på føretaka. I jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 5 pst., og det maksimale tilskottet per føretak blei auka med 3 000 kroner til 64 000 kroner per føretak.
Tilskottet blir gitt for faktiske lønnsutgifter etter rekneskap og lønns- og trekkoppgåver. Partane i jordbruksoppgjeret blei samde om at dei nye satsane skulle gjelde for avløysing i 2010 som blir utbetalt i 2011.
For 2011 gjer ein framlegg om ei løyving på 1 173,6 mill. kroner.
Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.
Formålet med ordninga er å medverke til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon, heilårs veksthusproduksjon og planteproduksjon i onneperiodar, når brukaren av særlege grunnar, ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.
Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk. I jordbruksoppgjeret blei den maksimale dagsatsen i auka frå 1 200 kroner til 1 250 kroner per dag.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 186,3 mill. kroner for 2011.
Underpost 78.13 Medlemsavgift til folketrygda
Av den pensjonsgivande inntekta innanfor jordbruk, husdyrhald, hagebruk, gartneri og skogbruk skal den enkelte brukaren betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta som lønnsmottakarar betaler. Skilnaden mellom avgifta som er fastsett for sjølvstendig næringsdrivande (10,7 pst.) og avgifta som skal betalast av den enkelte brukaren (7,8 pst.), blir finansiert over jordbruksavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i pensjonsgivande inntekt i jord- og skogbruk. Midlane blir overført sentralt til Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 130,8 mill. kroner for 2011.
Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket
Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir ytt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget frå 1. dag. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gir rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir overført sentralt til Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2011.
Underpost 78.15 Tilskott til andre velferdstiltak
Underposten omfattar tilskott til landbruksvikarordninga og tilskott til landbrukshelsa.
Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det av ymse årsaker. I 2008 blei det etablert ei ny landsdekkjande landbruksvikarordning gjennom avløysarlaga. Det er eit mål at ordninga vil nå eit omfang på 240 årsverk. Maksimal støtte per årsverk er 480 000 kroner. Løyvinga til landbruksvikarordninga blei vidareført med 65 mill. kroner i 2011. Auka dagsats for tilskott ved avløysing ved sjukdom m.m. gir betre finansiering av landbruksvikarordninga for produsentane.
Landbrukshelsa er ein ideell stifting oppretta av Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Den har som formål å organisere eit effektivt arbeid med helse-, arbeidsmiljø og tryggleik (HMS) i landbruket. Verksemda skal gi eit førebyggjande tilbod til alle gardbrukarar og tilsette i landbruket. Landbrukshelsa skal medverke til at gardbrukarane sjølve tek ansvar for å betre arbeidsmiljøet sitt, og for å skape ein sikker og triveleg arbeidsplass og eit trygt oppvekstmiljø. Større oppslutning om ordninga gir meir eigenfinansiering, Det blir sett av 14 mill. kroner til ordninga i 2011.
Ein gjer framlegg om ei samla løyving på 79 mill. kroner for 2011.
Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar
Formålet med ordninga er å medverke til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Noko redusert utnytting av ordninga gir ei innsparing på 8 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 102 mill. kroner for 2011.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
70 | Tilbakebetalte tilskott til reguleringsanlegg | 8 583 | ||
85 | Marknadsordninga for korn | 9 723 | 53 150 | 10 000 |
Sum kap. 4150 | 18 306 | 53 150 | 10 000 |
Post 85 Marknadsordninga for korn
Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Ordninga med å påleggje prisutjamning på proteinråvarer og karbohydratfôr som ikkje er importert med toll, har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr.
Prisutjamningsbeløpet er òg påverka av prisane på verdsmarknaden. Høge verdsmarknadsprisar på soya og anna protein gjer at løyvinga på posten går ned med 43,2 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving i 2011 på 10 mill. kroner.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
51 | Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet | 32 650 | 29 900 | 30 000 |
72 | Tilskott til organisasjonsarbeid | 6 200 | 6 200 | 6 100 |
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast | 54 741 | 63 100 | 61 800 |
79 | Velferdsordningar | 1 800 | 1 800 | 3 100 |
Sum kap. 1151 | 95 391 | 101 000 | 101 000 |
Formål med løyvinga
Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.
Dei mål og retningslinjer som ligg til grunn for reindriftspolitikken er trekte opp i St.meld. nr. 28 (1991-92) En bærekraftig reindrift, og Innst. S. nr. 167 (1991-92), samt dei justeringar og nye moment som er vektlagde ved Stortingets si behandling av den årlege reindriftsavtaleproposisjonen og ved den årlege behandlinga av statsbudsjettet. Hovudstrategien er å skape ei meir berekraftig reindrift. Med dette forstår ein ei reindrift som har økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Desse tre måla står i ein innbyrdes samanheng: Økologisk berekraft gir grunnlag for økonomisk berekraft, og saman gjer økologisk og økonomisk berekraft det mogeleg å utvikle kulturell berekraft.
Reindrifta er ei lita næring i nasjonal målestokk, men både i samisk og lokal samanheng har den stor verdi når det gjeld økonomi, sysselsetjing og kultur. Reindrifta er såleis ein viktig del av det materielle grunnlaget for samisk kultur.
Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken.
For nærmare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken, samt resultata frå dei ulike tiltaka som sorterar under reindriftsavtalen, syner ein til omtale under kat. 15.30, Prop 128 S (2009-2010) og Innst. S 365 (2009-2010). Nærmare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapitlet går fram av budsjettframlegget for 2011.
Resultatrapport 2009
Dei siste åra har reindrifta samla sett hatt ei positiv økonomisk utvikling. Dette har i det vesentlegaste samanheng med eit høgt slakteuttak og ein auke i prisen på reinkjøt. Dette visar at reindriftsavtalen bidrar til eit auka slakteuttak og verdiskaping. Det er til dels store regionale skilnader mellom områda, og mellom dei ulike distrikta innanfor det same reinbeiteområdet. Etter eit rekordstort slakteutak dei fyrste vekene av slaktesesongen 2009/2010, stoppa slaktinga tilnærma opp dei fyrste veka etter brunsten. Bakgrunnen for slaktestoppen var at grossistane og detaljistane hadde tilnærma inntaksstopp i dei nordlege reinbeiteområda grunna redusert etterspurnad etter reinkjøt. Dette førte til at slakteria ikkje fekk seld reinen, og at ein ved inngangen til 2010 hadde vel 800 tonn reinkjøt på lager.
Radioaktivt nedfall etter Tsjernobylulykka i 1986 skaper framleis ekstra kostnader for reindriftsnæringa. Ei tiltakspakke blir finansiert av staten for å halde næringsutøvarane i reindrifta økonomisk skadeslause, jf. omtale under kap. 1147 post 82.
Reindriftsavtalen for 2010/2011
Regjeringa sin reindriftspolitikk er basert på Stortinget sine føresetnader og ut frå den situasjonen ein står overfor i næringa. Reindriftsavtalen for 2010/2011 har ei ordinær ramme på 101 mill. kroner. Dette er same løyving som i Reindriftsavtalen 2009/2010.
Det viktigaste målet i reindriftsavtalen er å stimulere næringa til å auke slakteuttaket og verdiskapinga. Gjennom Reindriftsavtalen 2010/2011 forsterkast tiltaka som siktar mot ein meir optimal produksjon og ei betre tilpassing av talet på rein i høve til ressursgrunnlaget. Eit viktig tiltak er at tilskottet til slakting av reinkalv vart auka vesentleg. For å bidra til målretta arbeid med likestilling i reindrifta aukast ektefelletilskottet. Marknadssituasjonen for reinkjøt har blitt vanskeleg det siste året. Avtalen legg derfor stor vekt på tiltak som kan bidra til å betre gjennomføringa av slaktinga og til auka sal. Samla sett stadfestar Reindriftsavtalen 2010/2011 den dreiing ein har hatt i dei siste åra, og som inneber eit sterkare næringsmessig fokus og ei tilretteleggjing for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudnæring.
I tillegg til sjølve avtalen er det i sluttprotokollen til avtalen semje om at regelverket for radioaktivitetstiltak i slaktesesongen 2010/2011 vart fastsett etter dei same prosedyrar som forskriftene etter reindriftsavtalen.
Budsjettframlegg 2011
Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2011 i samsvar med Stortinget si behandling av reindriftsavtalen for 2010/2011, jf. Innst. S 365 (2009-2010). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for formål og innhald i dei ulike ordningane. For nærmare omtale syner ein til Prop 128 S(2009-2010) og Innst. S. 365 (2009-2010). Når det gjeld tilskottsforvaltninga, har ein til dels same behov for avvik i høve til normalprosedyren fastsett i Bestemmelser om økonomistyring i staten som for ordningane under jordbruksavtalen. Dette gjeld ordningar under post 75 med omsyn til kriterium for måloppnåing, rapportering, kanalisering av midlane og kontroll. Når det gjeld post 79, utgjer forvaltninga berre overføring av midlar til folketrygda.
Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet
Reindrifta sitt utviklingsfond skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla. Frå fondet vart det gjort følgjande avsetjingar:
4,5 mill. kroner til forsking og rettleiing, her medrekna 0,5 mill. kroner til auka kunnskap om samanhengar mellom klimaendringar og endra sjukdomsbilete på rein,
2,0 mill. kroner til Sametingets tilskottsordningar til næringsutvikling/STN
1,4 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak
7,7 mill. kroner over RUF til verdiskapingsprogrammet for reindrift
1,0 mill. kroner til kvinneretta tiltak
2,0 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga
3,0 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak
4,9 mill. kroner til pramming av rein
Avsetjingane over RUF sine midlar utgjer totalt 33,5 mill. kroner, mens ein gjer framlegg om ei løyving på 30,0 mill. kroner.
Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid
Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet til Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er satt til 6,1 mill. kroner, her medrekna 200 000 kroner til HMS-tiltak i reindrifta.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
75.11 | Frakttilskott | 1 598 | 2 000 | 1 800 |
75.12 | Tilskott til driftseiningar og tamreinlag | 40 593 | 44 700 | 49 800 |
75.13 | Distriktstilskott | 7 104 | 11 900 | 8 200 |
75.18 | Tidlegslaktetilskott | 5 446 | 4 500 | 2 000 |
Sum post 75 | 54 741 | 63 100 | 61 800 |
Tilskotta skal medverke til å fremje ei berekraftig reindrift, kvalitet, produktivitet, heve inntekta, samt verke utjamnande mellom einingar i næringa. Ein gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 61,8 mill. kroner for 2011, jf. omtalen nedanfor.
Underpost 75.11 Frakttilskott
Føremålet med frakttilskottet er å medverke til å jamne ut prisane på reinkjøtt til reineigarane i ulike distrikt, og bidra til utjamning av fraktkostnader til marknaden. Ein gjer framlegg om ei løyving på 1,8 mill. kroner.
Underpost 75.12 Tilskott til driftseiningar og tamreinlag
Dette tilskottet er inndelt i følgjande ordningar:
Produksjonspremie: Føremålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Siidaandelane sin produksjonspremie vart rekna med 25 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare vart det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Ved sal av livdyr vart det rekna produksjonspremie berre i tilfelle der kjøparen har fått livdyrlån etter tidlegare ordningar over Reindriftens Utviklingsfond. Det vart ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 0,4 mill. kroner per siidaandel og 1 mill. kroner per tamreinlag. Produksjonspremien vart utbetalt til eigaren av siidaandelen. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 25,8 mill. kroner til produksjonspremie.
Driftstilskott: Føremålet med ordninga er å kompensere for nokre av utgiftene i reindrifta. Tilskottet vart utbetalt med ein sats på 10 000 kroner per siidaandel i alle reinbeiteområda. I dei siidaandelane der kvinner står som enkeltinnehavarar og/eller eigaren av siidaandelen er under 30 år per 1.1.2011, er driftstilskottet på 25 000 kroner. Ordninga med tilskott ved overdraging av siidaandel vidareførast med ein sats på 60 000 kroner. Det er sett av 6,7 mill. kroner til driftstilskott.
Kalveslaktetilskott: Satsen for tilskottet er auka frå 200 kroner per kalv til 250 kroner per kalv. Kalveslaktetilskottet er avgrensa til å gjelde slakt i perioden frå 15.8.2010-31.12.2010 for å stimulere til størst mogeleg haustslakting. Siidaandeler i Vest-Finnmark omfattast ikkje av denne ordninga. Det er sett av 7,9 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott.
Prøveordning med tilskott til siidaandeler i Vest-Finnmark: Prøveordning med tilskott til siidaandeler i Vest-Finnmark vidareførast. Alle siidaandelar som oppfyller eit produksjonskrav på 8 kg (slakt rapportert i.h.t. Forskrift om rapportering av slaktet rein) per rein i vårflokk (per 31.03.10) får utbetalt eit tilskott på 17 kroner per kg for slakt i perioden 15.08.-10.10. og 13 kroner per kg for slakt i perioden 11.10.-31.12.
Det er sett av 6 mill. kroner til prøveordninga med tilskott til siidandelar i Vest-Finnmark. Dersom tilslaget på ordninga fører til at ramma overskridast, skal avtalepartane kome saman for å finne inndekning innanfor reindriftsavtalen sine rammer.
Ektefelletillegg: Ordninga med tillegg til siidaandeler der begge ektefellar eller sambuarar driv aktiv reindrift vidareførast, men satsen aukar frå 35 000 kroner til 42 500 kroner. Det er sett av 3,4 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.
Ein gjer framlegg om ei samla løyving på 49,8 mill. kroner.
Underpost 75.13 Distriktstilskott
Føremålet med distriktstilskottet er å medverke til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Dette inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikring av reindrifts sine areal, auka lønnsemd, samt leggje til rette for ein kriseberedskap. I tillegg skal tilskottet gje grunnlag for avløysing under sjukdom og svangerskap utover dei allmenne ordningane i Folketrygda. For at tilskott til distrikt skal kunne gjevast må det i distriktet vere utøvd ei reindrift som er i samsvar med dei til ein kvar tid gjeldande lover og forskrifter for næringa. Satsen til administrasjon, planlegging og ressursforvaltning i reinbeitedistrikta, medrekna Trollheimen, vidareførast med 40 000 kroner per distrikt. Ved ein samanslåing av distrikt aukast grunnbeløpet i forhold til talet på distrikt som vart samanslått, avgrensa til to år etter samanslåinga.
Det særskilte tilskott for beiteleige i Trollheimen vart vidareført. Beløpet på 100 000 kroner disponerast av Reindriftsforvaltninga som får ansvar for betaling av leige etter beiteavtalen.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 8,2 mill. kroner.
Underpost 75.18 Tidlegslaktetilskott
Det geografiske verkeområdet for tidlegslaktetilskottet gjeld for alle dei samiske reinbeiteområda, utanom Vest-Finnmark. Tidlegslaktetilskottet vart utrekna på bakgrunn av slakt i perioden 15.8.10-31.12.10. Satsen for tidlegslaktetilskottet er sett til 5 kroner per kg for rein over eit år i alle reinbeiteområde forutan Vest-Finnmark reinbeiteområde.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 2,0 mill. kroner til ordninga med tidlegslaktetilskott.
Post 79 Velferdsordningar
Tidlegpensjons- og særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap er flytta ut av RUF til dei ordinære velferdsordningane.
Det er sett av 300 000 kroner til ordninga med tidlegpensjon. Satsen for einbrukarpensjon oppjusterast frå 90 000 kroner til 100 000 kroner per år, og tobrukarpensjon frå 144 000 kroner til 160 000 kroner. Posten omfattar ordninga med Medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga.
Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap/fødsel. Tilskottet skal bidra til å styrke stillinga til kvinner i reindrifta. Gjeldande regelverk og satsar vidareførast.
Den enkelte reineigar skal betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta lønsmottakarane betalar. Skilnaden mellom den avgifta som er fastsett for private næringsdrivande (10,7 pst.) og den avgifta som skal betalast av den enkelte reineigar (7,8 pst.) vart finansiert over reindriftsavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i utviklinga i pensjonsgjevande inntekt i reindrifta. Midlane blir overført sentralt til Folketrygda.
Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar vart òg gitt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane vart overført sentralt til Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 3,1 mill. kroner.
Kap. 1161 Statskog SF – forvaltningsdrift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
70 | Tilskott til forvaltningsdrift | 14 703 | 15 173 | 13 173 |
75 | Oppsyn i statsalmenningar | 8 523 | 8 796 | 8 796 |
Sum kap. 1161 | 23 226 | 23 969 | 21 969 |
Post 70 Tilskott til forvaltningsdrift
Formål med løyvinga
Formålet med Statskog SF sitt arbeid med forvaltningsoppgåvene er å sikre at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedomane blir ivaretekne i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningslinjer. Føretaket skal òg arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedomane ligg og for staten som eigar. Samtidig er det knytt kostnader til å vere til stades og ha oppsyn med store areal der det ikkje er aktuelt med næringsverksemd. Forvaltningsoppdraget er regulert i ei eiga avtale. Denne avtalen blei revidert og fornya i 2007. Departementet styrer aktiviteten gjennom tilskottsbrev og styringsmøte på same måten som anna forvaltningsverksemd.
Innanfor skogbruk følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar, og oppgåvene er særleg knytt til virkesutvising i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.
Vidare utfører Statskog SF offentlegrettslege oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, behandlar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane. Administrasjonsutgiftene knytt til tilskottsforvaltninga for post 75 Oppsyn i statsallmenningar går òg inn her.
I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje ikkje lovpålagde oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningslinjer frå departementet. Statskog SF har eit eige feltapparat knytt til naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging medverke til sikring av naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit geografisk areal på knapt 40 millionar daa. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgjevarar, mellom anna miljøvernstyresmaktene. I 2008 ble det inngått ei ny samarbeidsavtale mellom Statskog SF og Statens naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO i Nordland og Troms.
Tilrettelegging for friluftslivet er ei hovudoppgåve for Statskog SF. Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive jakt, fiske og anna friluftsliv på føretakets areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket ope husvære i fjellet, merkar stigar og løyper, og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.
Resultatrapport 2009
På post 70 er det i 2009 rekneskapsført 14,7 mill. kroner som er i samsvar med løyvinga. Til arbeid med friluftsliv blei det i 2009 brukt ca. 4,5 mill. kroner, noko som er om lag 0,5 mill. kroner mindre enn året før. Dette skuldast i hovudsak at utarbeiding av landsverneplan for Statskog SF sine kulturhistoriske bygningar blei prioritert. Friluftslivstiltaka omfattar ordinært tilsyn og vedlikehald knytt til etablerte tilbod, i tillegg til friluftsarrangement, stimuleringstiltak, informasjonsarbeid o.a.
Rekneskapen syner at det er nytta 1,9 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane i 2009. Dette er om lag 0,5 mill. kroner lågare enn året før. Om lag 14 000 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda. I tillegg er det avverka om lag 4 000 m3 til inntekt for Statskog SF. Totalt utgjer avverka kvantum om lag 32 pst. av balansekvantum.
Vidare viser rekneskapen at det i 2009 blei brukt vel 4,7 mill. kroner til oppsyn og andre grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt. Det er arbeidd meir med Statens kulturhistoriske eigedommar og mindre med andre ikkje inntektsgivande grunneigaroppgåver. Fjelltenesta fører tilsyn med aktivitet på Statskog SF sin grunn i Nordland og Troms. Tilsynet retter seg mot oppføring av ulovlege bygg og anlegg og anna bruk av områda. Det er òg i 2009 lagt vekt på oppsyn og kontakt med reindriftsutøvarane.
Fond knytt til forvaltningsoppgåvene
Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond kalla Grunneigarfondet. Dette gjeld mellom anna inntektene frå fritidsfestekontraktar i statsallmenningane. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Fondet skal etter samråd med Fjellstyresambandet mellom anna brukast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. Storleiken på dei årlege inntektene er viktig for tiltaka som skal leggje til rette for auka aktivitet i statsallmenningane.
Grunneigarfondet var per 31.12.2009 på 26,5 mill. kroner. Fondet auka med om lag 0,3 mill. kroner frå 2008 til 2009. Festeinntektene er ei viktig inntektskjelde i statsallmenningane, og auke av desse inntektene fram til 2009 er med å forklare auka i Grunneierfondet. Etter at Statskog tapte fleire rettssaker om regulering av festekontrakter, og Høgsterett ikkje ville handsame føretakets anke i 2010, har Statskog vedteke å avstå frå marknadsregulering av festeavgiftar. Statskog har og vedteke at dei som festar tomt til fritidsbustad av Statskog, og som har betalt marknadsregulert festeavgift, skal få tilbakebetalt deler av festeavgifta. Dette vil venteleg føre til at Grunneigarfondet vil minke, samstundes med at inntektene vil verte mindre i framtida.
Allmenningsfonda var per 31.12.2009 på 39,5 mill. kroner. Fonda skal saman med avsett skogfond på opp mot 1 mill. kroner brukast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenning. Auken frå 2008 til 2009, om lag 9 mill. kroner skuldast erstatningar for skogvern.
Budsjettframlegg 2011
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,2 mill. kroner.
Posten femner tilskott til Statskog SF sitt arbeid med lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver, det vil seie dei oppgåvene som inngår i forvaltningsoppdraget frå Landbruks- og matdepartementet til Statskog SF.
Statskog SF sine oppgåver knytt til skogbruk i statsallmenningar omfattar miljøregistreringar i skog, landskapsplanar, register over dei med virkesrett, skogbruksplanar med vidare.
Vidare skal Statskog SF i 2011 halde fram arbeidet med å leggje til rette for allmenta si bruk og tilgang til areala Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod, og informasjon om tilboda. Det er eit generelt etterslep med omsyn til vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturelement som bør haldast vedlike så langt som mogeleg. Statskog SF har ut over dette framleis utfordringar knytt til vedlikehald av damanlegg, husvære, stigar, bruer o.a. som treng opprusting. Departementet meiner dette er oppgåver som i hovudsak må finansierast på anna måte òg vil saman med føretaket arbeide vidare med desse spørsmåla.
Departementet legg til grunn at Statskog SF i samråd med Noregs Fjellstyresamband i 2011 avsluttar gjennomgangen av refusjonsordninga for fjellstyra, som blei starta opp i 2010. Gjennomgangen skal finne fram til enkle og objektive kriterium for fordeling av midlane knytt til kap. 1161 post 75. Forbetring av seterregisteret vil òg vere ei oppgåve for Statskog SF i 2011.
Det vil òg i 2011 vere behov for føre tilsyn med Statskog SF sine areal, m.a. for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. I tillegg er det behov for service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka. Døme på slike brukarar er reindriftsnæringa (arealbrukskonfliktar og auka jegertrykk), forsvaret (grunn som ikkje blir festa, men blir rekvirert ved øvingar) og eigedomstilsyn overfor kontraktlause byggverk med meir. Dette er mellom anna viktige oppgåver for Fjelltenesta i Nordland og Troms.
Post 75 Oppsyn i statsallmenningar
Formål med løyvinga
Posten dekkjer tilskott til fjellstyra sine oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova. Fjellstyra kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Når tilsetjinga er skjedd i samsvar med oppsynsordning som departementet har godkjent, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene av statskassa. Ordninga skal leggje til rette for å ivareta samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar.
Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 millionar daa, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for befolkninga sin rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har til oppgåve å medverke til berekraftig bruk av statsallmenningane. Dei skal vidare førebyggje miljøkriminalitet og medverke til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldne, utføre oppgåver for grunneigaren (Statskog SF) m.m. Som eit ledd i dette arbeidet driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervaking og kontroll. Oppsynsmenn kan gjevast politifullmakt etter lov av 4. aug 1995 nr. 53 § 20 om politiet. Oppsynsmenn blir lønt av fjellkassa. Fjellstyret gir instruks for oppsynstenesta. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.
Resultatrapport 2009
I 2009 blei det gitt 8,5 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane etter ein nøkkel som tilgodeser nye ordningar og små fjellstyre. Om lag halvparten av tilskottet er brukt på feltarbeid knytt til oppsyn og skjøtsel, medan dei resterande midlane er brukt til saksbehandling og anna innearbeid som gir rett til tilskott. For 2009 er det rapportert om 9700 kontrollar, ein nedgang på nesten 850 samanlikna med 2008. Det er knytt noko usikkerheit til tala, då rapporteringa ikkje har vore heilt lik frå år til år. Som i fjor er det utført flest kontrollar av fiske og jakt, medan kontroll av motorferdsel, vernereglar og anna berre står for ein liten del av den samla aktiviteten. Det er rapportert om 128 ulovlege forhold, det vil seie 6 færre enn i 2008. Det er ein fallande tendens i rapportar om forhold knytt til jakt og fiske, medan rapportar om ulovlege forhold knytt til motorferdsel og vernereglar held seg på eit jamt nivå.
Budsjettframlegg 2011
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,8 mill. kroner. Fjelloppsynet omfattar i dag om lag 60 årsverk. Departementet meiner at løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og gir rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet.
Oppsyn i statsallmenning skjer både gjennom fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO driv. Fjelloppsynet sin lokale forankring og kunnskap er et eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er framleis nødvendig med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.
Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
70 | Avgifter i matforvaltninga | 618 481 | 606 143 | 613 767 |
71 | Totalisatoravgift | 135 436 | 125 000 | 125 000 |
72 | Miljøavgift, plantevernmiddel | 55 684 | ||
Sum kap. 5576 | 809 601 | 731 143 | 738 767 |
Post 70 Avgifter i matforvaltninga
Det er på posten budsjettert sektoravgifter i matforvaltninga. Ein syner til kap. 4115 post 01 for nærmare omtale av gebyrordningane i Mattilsynet.
Ved etablering av Mattilsynet blei det etablert eit tredelt system for finansiering gjennom gebyr og avgifter. Den første delen gjeld gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar. Den andre delen av systemet gjeld gebyr for tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Den tredje delen av systemet gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.
Matproduksjonsavgiftene skal dekkje tilsyn og kontroll langs heile matproduksjonskjeda etter matlova. Avgiftene skal òg dekkje tilsyn og kontroll med dyrevelferd, med dyrehelsepersonell og med avl knytt til dyr som går inn i produksjon av næringsmiddel.
Matproduksjonsavgiftene er delt inn i 11 ulike avgifter. Nivået på avgiftene kjem an på om det er norsk eller importert vare. For norskproduserte varer er det ulikt avgiftsnivå for animalia (varer frå dyreriket) og vegetabilia (varer frå planteriket). For animalia er det òg ulikt avgiftsnivå for landbaserte varer og fisk/sjømat. Satsane er i pst. av verdi, med unntak av for kjøtt, mjølk og fisk som har avgiftssatsar basert på vekt/volum. For importerte varer skil avgiftene mellom råvarer og halvfabrikata/ferdigvarer.
Det blir i tillegg kravd inn avgifter for tilsyn og kontroll med drikkevatn (vassverk), kosmetikk, fôr til dyr som ikkje blir nytta til produksjon av mat og planter som ikkje er mat.
Det blir ikkje lagt opp til endringar i avgiftssatsane i 2011.
Tabell 2.14 Oversikt over avgifter i matforvaltninga.
(i mill. kroner) | |
---|---|
Nemning | Beløp |
Matproduksjonsavgifter: | |
Norskproduserte varer | 274,0 |
Importerte varer | 215,3 |
Sjømat | 44,3 |
Andre avgifter: | |
Planter som ikkje er mat | 21,0 |
Kosmetikk | 3,0 |
Avgift på drikkevatn (vassverk) | 35,0 |
Avgift på planteforedling og naturleg mineralvatn | 0,2 |
Avgift på fôr til selskapsdyr | 21,0 |
Sum avgifter | 613,8 |
Dette vil gi følgjande satsar for matproduksjonsavgift:
Norskproduserte varer:
kjøtt: 49 øre/kg
mjølk: 6,34 øre/liter
andre animalia: 1,92 pst.
vegetabilia: 0,80 pst.
Importerte varer unntatt sjømat:
råvarer: 1,14 pst.
ferdigvarer og halvfabrikata: 0,71 pst.
Sjømat:
fisk til konsum landa frå EØS-fartøy: 14,60 kroner per mottatt tonn (råstoff)
fisk landa frå tredjelandsfartøy: 14,60 kroner per mottatt tonn råstoff
fisk tatt ombord på norsk fabrikkfartøy eller omlasta til utanlandsk fartøy: 14,60 kroner per mottatt tonn råstoff
produksjonsavgift for oppdrettsfisk: 14,60 kroner per mottatt tonn fisk til slakting
importerte fisk og fiskevarer: 14,60 kroner per tonn
Post 71 Totalisatoravgift
Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.
I 2008 var den samla omsetninga på totalisatorspel 3 710 mill. kroner. Dette var ein auke på 547 mill. kroner frå året før. Prognoser tyder på noko lågare omsetning på totalisatorspel i 2009 enn i 2008. For 2010 er det budsjettert ut frå ei samla omsetning på om lag 3 400 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving under posten på 125 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetninga.
For å hindre uønskt reklame er det no fastsett reglar for å avgrense marknadsføringa av lovlege spel.
Lotteri og stiftelsestilsynet har fått oppgåva å kontrollere alt spel i Noreg. Dette inneber òg ansvaret for kontroll med at totalisatorspelet er i samsvar med det spelereglement som er godkjent av Landbruks- og matdepartementet.
Post 72 Miljøavgift, plantevernmiddel
Miljøavgift er eit av fleire verkemiddel for å nå nasjonale og internasjonale miljømål. Gjennomføringa av tiltaka er dokumentert i systemet med resultatkontroll i jordbruket.
Plantevernmiddel blir plasserte i sju avgiftsklasser i forhold til helse- og miljørisiko. Avgifta er arealbasert og differensiert etter midlane sin risiko for helse- og miljøskadar.
Omsetningstala syner at ein har fått ein overgang til plantevernmiddel i lågare avgiftsklasser, dvs. middel med lågare miljø- og helserisiko.
Posten er frå 2010 overført til Finansdepartementet sin proposisjon om skatte-, avgifts- og tollvedtak.
Programkategori 15.40 Forretningsdrift
Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet | 4 246 | 750 | 750 | 0,0 |
5652 | Innskottskapital i Statskog SF | 13 400 | 5 000 | 5 000 | 0,0 |
Sum kategori 15.40 | 17 646 | 5 750 | 5 750 | 0,0 |
I kategorien er utbytte frå Graminor AS, Staur Gård AS, Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (VESO), Kimen Såvarelaboratoriet AS og Statskog SF budsjettert.
Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
85 | Utbytte | 4 246 | 750 | 750 |
Sum kap. 5651 | 4 246 | 750 | 750 |
Post 85 Utbytte
Departementet budsjetterer med eit samla utbytte på 0,75 mill. kroner frå selskap under Landbruks- og matdepartementet i 2011.
Graminor AS
Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetjing av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og statleg tilskott, jf. omtale under kap. 1143 post 74.
Staten sin eigardel i selskapet er 34 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene når det gjeld planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.
Graminor AS hadde i 2009 ein omsetnad på 50,7 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 2,1 mill. kroner. Det blei utbetalt 1,6 mill. kroner i utbytte og av dette blei om lag 0,4 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet.
Graminor AS har utarbeidd ein ny strategi for verksemda. Den nye strategien er lagt til grunn for budsjettet for 2011. I strategien blir selskapets verksemd skissert som forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon, samt planteforedling på vegne av staten. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2011, då det i den nye strategien blir lagt til grunn ein langsiktig utbyttepolitikk basert på stabilitet og at ein stor del av årleg overskot skal bli halde tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet.
Staur Gård AS
Staur Gård AS har ansvar for å drive eigedomen Staur i Stange. Staur Gård AS har, i samarbeid med andre aktørar, eit ansvar for forskings- og forsøksverksemd i jordbruket. Av dei viktigaste funksjonane på garden er teststasjonen for storfe, seminstasjonen for sau og kornforsøk i regi av Graminor AS. Garden har òg ein gjestegard som særleg er retta mot lokale og nasjonale samfunnsinstitusjonar, men som òg blir nytta til private tilstellingar. For å gjere selskapet betre i stand til å fylle denne oppgåva, er det i 2009 og 2010 gjort store utbetringar på gjestegarden, sjå òg kap. 1100, post 45. Staur Gård AS driv garden på grunnlag av ei forpaktingsavtale med staten. Forpaktingsavtalen går ut i 2011, og departementet tek sikte på å forlengje avtalen i tråd med gjeldande regelverk.
Det er ei viktig og krevjande oppgåve å halde den spesielle eigedomen ved like på ein slik måte at eigenarta blir tatt vare på. For å bidra til denne oppgåva har departementet i 2010 lagt fram eit framlegg til verneplan for eigedomen for Riksantikvaren. Selskapet har òg til oppgåve å drive eigedomen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse omsyna.
Staur Gård AS hadde i 2009 ein omsetnad på 6,54 mill. kroner, ein auke på 9,7 pst. frå 2008, og eit overskott på 0,24 mill. kroner. Det blei ikkje tatt ut utbytte i 2009.
Det blir ikkje budsjettert med utbytte for 2011.
Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO)
VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske og liknande miljø. Selskapet består av to hovudforretningsområde; distribusjon av alle typar legemiddel til dyr i den norske marknaden og kliniske smitteforsøk på fisk som ledd i vaksineutvikling og avl for leverandørar av slike tenester og produkt.
Selskapet har vakse monaleg dei siste to åra, samstundes som marginane er betra som resultat av auka volum. Denne auken er driven av auka omsetnad av legemiddel til alle typar dyr på grunn av større forbruk og fleire kundar. 2009, som var det første heile driftsåret med privat majoritetseigardel, blei eit rekordår både for omsetnad og resultat. Driftsinntektene auka frå 234 mill. kroner i 2008 til 356 mill. kroner, og overskottet etter skatt var 13,6 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte på 13,5 mill. kroner. Av dette blei 5,4 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet.
Selskapet arbeidar i ein konkurranseutsett og sterkt skiftande marknad som m.a. svingar i takt med utviklinga av fiskesjukdommar og fiskeparasittar. Staten sin eigardel blir òg i løpet av 2010 redusert frå vel 39 pst. til 34 pst. Departementet har derfor òg for 2011 budsjettert med same utbytte som i åra før 2008. Departementet vil komme attende til Stortinget dersom det endelege resultatet avvik frå dette.
Kimen Såvarelaboratoriet AS
Kimen Såvarelaboratoriet AS blei skilt ut frå Mattilsynet i 2004 og er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og har status som nasjonalt referanselaboratorium på såvareanalysar.
Selskapet rettar verksemda si mot såvarebransjen og forvaltninga. Sal av laboratorieanalysar og tenester mellom anna til Mattilsynet, samt rettleiing og opplæring i såvarespørsmål, er av hovudoppgåvene til selskapet.
Staten eig 51 pst. av selskapet. I tillegg eig Felleskjøpet Agri BA 34 pst. og Strand Unikorn AS 15 pst.
Selskapet hadde i 2009 ein omsetnad på 11,3 mill. kroner og eit overskott etter skatt på 0,6 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte på 0,5 mill. kroner, og av dette blei 0,255 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet. Selskapet hadde ei særs god resultatutvikling sidan etableringa i 2004 og fram til og med 2007. Etter dette har det vært ei noko svakare utvikling på grunn av redusert etterspørsel etter laboratoriets tenester. Det blir arbeida for å betre lønsemda både på kort og lang sikt.
Kap. 5652 Innskottskapital i Statskog SF
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
85 | Utbytte | 13 400 | 5 000 | 5 000 |
Sum kap. 5652 | 13 400 | 5 000 | 5 000 |
Mål og strategiar
Statskog SF forvaltar om lag 65 000 km2, tilsvarande ein femtedel av landarealet. 5 pst. av dette er produktivt skogareal, noko som gjer Statskog SF til landets største skogeigar med 7 pst. av det samla skogarealet i landet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite med vidare).
Statskog SF er organisert i verksemdsområda Eigedom, Energi, Skog og Friluftsliv.
Statskog SF er med sin kompetanse og erfaring innanfor skog- og utmarksområdet ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg eit viktig instrument for å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål. Føretaket sitt engasjement i Norwegian Forestry Group (NFG) er med på å gjere kompetanse tilgjengeleg gjennom med norsk miljøretta utviklings- og bistandsarbeid.
Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.
Utbyttepolitikk
Utbyttet frå Statskog SF blir fastsett etter utbyttepolitikk fastsett av Landbruks- og matdepartementet, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte i løpet av første halvår etter resultatåret. Utbyttet blir sett til 75 pst. av årsresultatet i konsernet inntil utbyttet svarar til statens innlånsrente multiplisert med den gjennomsnittlege bokførde eigenkapitalen til konsernet.
Resultatrapport 2009
Statskog SF hadde eit betre resultat frå underliggande drift i 2009 enn i 2008. Driftsresultatet ble likevel svakare på grunn av eingangsavsetningar til tiltak for omstilling og tilbakebetaling av festeavgift. Tilbakebetalinga av festeavgift følgjer av styret sitt vedtak om at alle som fester tomt til fritidsføremål skal få avtalane sine regulert etter konsumprisindeksen, etter at Høyesteretts ankeutval avviste Statskog si anke over ein dom i Frostating lagmannsrett. Denne dommen ga festarane medhald i sin klage over Statskog sin marknadsregulering av festekontraktane. Statskog SF har òg i 2009 hatt store eingongsinntekter frå skogvernerstatningar.
Verksemdsområda Eigedom, Skog og Energi har hatt betre resultat frå normal drift i 2009 enn året før. For friluftsliv er resultatet på same nivå som i 2008.
Som eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å auke skogvernet i Noreg blei det i 2009 verna 8 naturreservat på Statskog SF sin grunn. Eit av desse var i statsallmenning. Det er venta nye vernevedtak i 2010, og tidspunkt for erstatningsutbetalingane vil ha stor innverknad på årsresultatet til Statskog SF i 2010.
I dei siste åra har Statskog SF satsa stadig meir på energiområdet. Statskog SF deltek på ulike nivå i prosjekt innanfor vann-, vind- og bioenergi. Satsinga har gitt økte inntekter i 2009. Fellesnemnaren for Statskog SF si satsing på fornybar energi er auka verdiskaping på fellesskapet sin grunn.
Nøkkeltal og utbytte
Resultatet etter skatt er på 27,9 mill. kroner. Dette gir ei avkastning på konsernets bokførte eigenkapital på 9,3 pst.
Resultatet frå Statskog SF i 2009 er i stor grad påverka av ekstraordinære inntekter knytt til erstatningar for skogvern. På kostnadssida har føretaket mellom anna hatt ekstraordinære utgifter til avsetningar til tilbakebetaling til festarar samt enkelte eingongskostnader til omstilling.
Statens utbytte for 2009 er fastsett til 10,1 mill. kroner, tilsvarande statens innlånsrente multiplisert med den gjennomsnittlege bokførte eigenkapitalen til konsernet. Dette er i tråd med utbyttepolitikken fastsett av Landbruks- og matdepartementet.
Budsjettframlegg 2011
Føretaket har innfridd resultatkravet på 7 pst. avkastning av eigenkapitalen i 2009, men resultatet er prega av store eingongspostar både på kostnads- og inntektssida.
I år med store ekstraordinære inntekter og kostnadar vil avkastning av eigenkapitalen kunne gi eit ufullstendig bilete av den forretningsmessige drifta. For å sikre tilfredsstillande grunnlagsinformasjon for god styring av Statskog SF, er føretaket bede om å utvikle eit opplegg for resultatmåling som tar høgde for føretaket sin komplekse verksemd og økonomi. Opplegget skal ha fokus på føretakets normale drift og eingongsinntekter- og kostnader. Føretaket skal leggje dette fram for føretaksmøtet.
Føretaket er òg bedt om å gjennomføre ei ekstern vurdering av mogleg avkastning frå føretakets eigedommar framover. Departementet vil, i samråd med føretaket, gi nærare mandat og føresetnader for denne gjennomgangen.
Med bakgrunn i resultatet for 2009, sett bort frå ekstraordinære inntekter og utgifter, anslår departementet at utbytte frå Statskog SF for resultatåret 2010 blir 5 mill. kroner. Endeleg berekning av utbytte vil bli gjort i tråd med utbyttepolitikken, og endringar vil bli tekne inn i revidert nasjonalbudsjett for 2011. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2011.