Del 3
Omtale av særlege tema
3 Sektorovergripande miljøvernpolitikk
Det er ei kontinuerleg oppgåve for styresmaktene og sørgje for at det samla offentlege verkemiddelapparatet blir innretta mot å nå nasjonale miljøvernpolitiske mål og at det gir positive miljøeffektar. Miljøarbeidet i kvart departement skal skje med utgangspunkt i sektorovergripande miljømål som blir utarbeidd av Miljøverndepartementet innanfor regjeringa sine fire miljøpolitiske resultatområde; bevaring av naturens mangfald og friluftsliv, bevaring og bruk av kulturminne, reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn, eit stabilt klima og rein luft.
Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er ein integrert del av arbeidet til Landbruks- og matdepartementet. Departementet si miljøsatsing omfattar mellom anna vern om jordbruksareal og kulturlandskap, ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminne, bruk og vern av dei genetiske ressursane, bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til m.a. opplevingar og friluftsliv.
Arbeidet med å bidra til å løyse klimautfordringane og sikre nok og trygg mat til ei voksande befolkning står også ein sentralt i departementet sitt miljøarbeid. St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen gir ein omfattande og grundig gjennomgang av mogelege klimatiltak i landbruket i tråd med regjeringa si klimamelding og klimaforliket på Stortinget. Tiltaka i meldinga har eit potensial for reduksjonar på 1,1 millionar tonn CO2-ekvivalenter innan 2020. Oppfølging av meldinga er nærmare omtalt under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.
Eit anna viktig styringsdokument på miljøområdet er departementet sin miljøstrategi for perioden 2008-2015. Strategien legg vekt på korleis departementet kan styrkje og utvikle miljøinnsatsen i landbruket, og med dette følgje opp regjeringa sin miljøpolitikk. Miljøarbeidet i landbruks- og matsektoren er nærmare omtalt under kat. 15.20 Forsking og innovasjon, kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak, og under kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar
Landbruks- og matdepartementet har innført miljøleiing og det er utarbeidd ein kortfatta handlingsplan. Hovudmålsetjinga er at departementet skal gjennomføre sine oppgåver med ein så liten miljøpåverknad som mogleg. Omsynet til miljøet skal sikrast i planlegging og utføringa av alle departementet sine innkjøps-, drifts- og produksjonsaktivitetar. I handlingsplanen er det spesielt fokusert på avfall, transport, energi og innkjøp. Landbruks – og matdepartementet vil bruke Direktoratet for forvaltning og IKT sine miljøkriteri i anskaffingar der verktøy for dette er etablert, og elles følgje opp bruk av desse på område der departementet deltek i fellesavtalar i regjeringskvartalet. Vidare vil Landbruks- og matdepartementet som ein del av «Depsak2» – fellesløysning for arkiv- og saksbehandlingssystem – i aukande grad utveksle filer elektronisk. I dag er det særleg ved høyringssaker at opplysningar blir distribuera elektronisk. Ved flytting til nye lokalar i 2012 vil det bli lagt vekt på tekniske tiltak for å redusere mengda av papirutskrifter, for slik å redusere bruken av papir. Det er etablert fleire møterom til bruk for telefonkonferansar, noko som er med på å redusere reiseverksemda. Strakstiltaka retta mot bruksutstyr (PC, skjermar og skrivarar) foreslått i rapporten frå interdepartemental arbeidsgruppe for Smart-IKT er vidareformidla til dei underliggjande verksemdene, med oppmoding om å sikre at slike tiltak er gjennomført. Departementet har tatt i bruk alle delar av dei returordningane for avfall som er i regjeringskvartalet. Landbruks- og matdepartementet er òg ein pådrivar overfor eksterne tenesteleverandørar når det gjeld miljøomsyn.
4 Ressursbruk i landbruks- og matforvaltninga
I samband med Dokument nr. 8:43 (2007-2008) og Innst. S. nr. 183 (2007-2008) slutta Stortinget seg til at Landbruks- og matdepartementet skulle gjere greie for utviklinga i talet på årsverk i landbruks- og matforvaltninga. I tabellane under gis ei omtale av status per 1.1.2010.
Det var totalt 158 årsverk i Landbruks- og matdepartementet per 1.1.2010. Dei seinare åra har det spesielt vore ein auke i oppgåvemengda på det internasjonale arbeidet, arbeidet knytt til klimautfordringar i sektoren og på matområdet.
Tabell 4.1 Årsverk, geografisk/fylkesvis fordeling for Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, og landbruksrelaterte oppgåver hos Innovasjon Norge per 1.1.2010.
Fylker | Mattilsynet1 | Statens land-bruksforvaltning | Reindrifts- forvaltninga | Fylkesmannen2 | Innovasjon Norge3 |
---|---|---|---|---|---|
Oslo | 219 | 186 | 18,74 | 21,5 | |
Akershus | 110 | 2,9 | |||
Østfold | 48 | 15,1 | 3,1 | ||
Hedmark | 99 | 25,6 | 4,9 | ||
Oppland | 34 | 23,6 | 4,2 | ||
Buskerud | 42 | 17,2 | 2,3 | ||
Vestfold | 33 | 13,1 | 3,1 | ||
Telemark | 29 | 16,6 | 3,2 | ||
Aust-Agder | 11 | 10,9 | 2,8 | ||
Vest-Agder | 14 | 12,8 | 2,8 | ||
Rogaland | 140 | 22 | 5,8 | ||
Hordaland | 94 | 26,5 | 4,1 | ||
Sogn- og Fjordane | 40 | 20,1 | 4,1 | ||
Møre- og Romsdal | 66 | 22,6 | 4,1 | ||
Sør-Trøndelag | 70 | 5 | 22,9 | 4,1 | |
Nord-Trøndelag | 69 | 4,3 | 25,9 | 4,2 | |
Nordland | 110 | 6 | 20,6 | 3,1 | |
Troms | 41 | 4,5 | 12,6 | 4,4 | |
Finnmark | 51 | 36,3 | 9,6 | 11,65 | |
Utland | 3,5 | ||||
Sum årsverk | 1 320 | 186 | 55 | 336,4 | 99,8 |
1 Årsverka knytt til Mattilsynet omfattar oppgåver retta mot landbruk, fisk, akvakultur, næringsmiddelindustri, daglegvarehandel, serviceverksemder, internasjonalt arbeid og regelverksutvikling. Berekna årsverksfordeling er basert på registrert tidsbruk i 2009. Registrert tidsbruk utgjorde om lag 97 pst. av total tidsbruk i Mattilsynet i 2009.
2 Finansiert over kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings- , administrasjons- og kyrkjedepartementet.
3 Finansiert over kap. 2421 Innovasjon Norge under Nærings- og handelsdepartementet.
4 Eitt felles fylkesmannsembete for Oslo og Akershus.
5 Det er lagt sentrale oppgåver til distriktskontoret i Finnmark, tot. 8 årsverk.
Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, samt oppgåver på landbruksområdet som blir utført av Fylkesmannen og Innovasjon Norge, utgjer per 1.1.2010 til saman 1 997 årsverk. Av desse er om lag 78 pst. av årsverka lokalisert utanfor Oslo. I tillegg til den desentraliserte strukturen i Mattilsynet, Reindriftsforvaltninga, Fylkesmannen, og Innovasjon Norge, kjem dei årsverka som er i kommunane si landbruksforvaltning.
Mattilsynet har arbeidd målretta for å auke effektiviteten. Dei siste åra er bruken av tid til intern administrasjon redusert slik at det er frigjort ressursar til tilsyn, rettleiing og regelverksutvikling. Mattilsynets hovudkontor har seks kontorstader. Regionkontora i Akershus, Hedmark, Rogaland, Hordaland og Nordland har òg seksjonar knytt til hovudkontoret. Styringssystemet i Mattilsynet har ikkje vore lagt opp for fylkesvis rapportering eller rapportering på aktivitetar innan ulike sektorar. Det er derfor gjennomført eit omfattande manuelt arbeid for å få det nødvendige talgrunnlaget.
Talet på årsverk i Statens landbruksforvaltning har vore stabilt. Statens landbruksforvaltning har ei sentral rolle i arbeidet med fornying og forenkling for næringsutøvarane i landbruket. Det er lagt ned ein stor ressursinnsats på IKT-området i Statens landbruksforvaltning dei siste åra for å gjere det enklare for bønder, skogeigarar og næringsmiddelindustri å kommunisere med verksemda. Denne satsinga har òg gjort det mogleg for ytre landbruksforvaltning (Fylkesmannen og kommunane) å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt. Ved gjennomgangen av talmaterialet fordelt på kategoriar, jf. tabell 4.2, har Statens landbruksforvaltning oppdaga enkelte feil i dei tala som blei rapportert for årsverkfordelinga i 2008 og omtalt i Prop. 1 S (2009–2010).
I Reindriftsforvaltninga er det totalt 55 årsverk. Talet har vore relativt stabilt dei siste åra, men syner no ein nedgong på om lag 5 årsverk frå 2007 til 2010.
Fylkesmannen er ein viktig regional aktør på landbruks- og matområdet. Finansieringa av Fylkesmannen sine oppgåver på landbruksområdet er over kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Ved fylkesmannsembeta var det i 2009 336,4 årsverk knytt til landbruks- og matområdet. Ein syner elles til omtale av fylkesmannsembeta i Prop. 1 S (2010-2011) frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
Innovasjon Norge forvaltar verkemiddel og lån med rentestøtte til tradisjonelt landbruk og nye næringar. Finansieringa av Innovasjon Norge sine administrative oppgåver på landbruks- og matdepartementet sine område er frå 2011 ført over frå Nærings- og handelsdepartementet til Landbruks- og matdepartementet, sjå omtale under kap. 1150.
Kommunane har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver på landbruksområdet frå forvaltning av landbrukslovgjevinga og dei økonomiske verkemidla til nærings- og utviklingsarbeid. Finansiering av oppgåvene inngår i kommunane sitt inntektssystem. Reduksjon i talet på årsverk innanfor landbruksforvaltninga i kommunane ser ut til å halde fram, men utviklinga mellom fylka er varierande. Departementet er framleis oppteke av at kommunane har kompetanse og kvalitet i løysinga av landbruksoppgåvene i kommunane. Fylkesmannen vil følgje opp dette i dialogen med kommunane. I tabellane under er årsverka i Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, og landbruksrelaterte oppgåver hos Fylkesmannen og Innovasjon Norge splitta opp på ulike fagområde. Dei merkantile ressursane er anslagsvis fordelt på dei ulike fagområda. Kommunane inngår ikkje i denne oversikta. Det skiljast på fagområda Reindriftsforvaltninga, Statens landbruksforvaltning, Fylkesmannen og Innovasjon Norge rapporterar på, og fagområda Mattilsynet rapporterar på. Bakgrunnen for dette er oppgåvene sin karakter, og at Mattilsynet har ansvaret for oppgåver frå fleire sektorar.
Tabell 4.2 Årsverk fordelt på fagområde for Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, og landbruksrelaterte oppgåver hos Innovasjon Norge per 1.1.2010. For fordeling av årsverk på fagområde hos Fylkesmannen er det tatt utgangspunkt i tal i årsrapportane for 2009.
Fagområde | Statens landbruks-forvaltning | Reindrifts- forvaltninga | Fylkesmannen | Innovasjon Norge | Sum årsverk |
---|---|---|---|---|---|
Areal- og samfunnsplanlegging | 20 | 76,7 | 96 | ||
Miljøretta arbeid | 14 | 40,4 | 54,5 | ||
Tradisjonelt jordbruk | 72 | 93,8 | 51,5 | 196,4 | |
Tilleggsnæring/anna næring | 1 | 70,3 | 48,3 | 124,4 | |
Omsetning, marknadstiltak og importvern | 74 | 0 | 101,1 | ||
Skogbruk | 7 | 55,1 | 62,8 | ||
Reindrift | 0 | 55 | 0 | 56,1 | |
Sum årsverk | 186,0 | 56,1 | 336,4 | 99,8 | 691,3 |
Om lag 28 pst. av ressursane i forvaltninga er retta mot tradisjonelt jordbruk som husdyr- og planteproduksjon, investeringar i produksjonsbygg og produksjonsutstyr og kontroll med tilskottsforvaltninga.
Om lag 18 pst. av ressursbruken er retta mot nye næringar som omfattar investeringar knytt til nye næringar i og i tilknyting til landbruket innan mat, økologisk matproduksjon og forbruk, trevirke, bioenergi, reiseliv og opplevingsproduksjon, Inn på tunet og annan grøn vare- og tenesteproduksjon.
Fagområdet areal- og samfunnsplanlegging omfattar oppgåver knytt til kommunale og fylkeskommunale arealprosessar og forvaltning av landbrukslovgjevinga, og utgjer 14 pst. av ressursane.
Ressursar knytt til omsetning, marknadstiltak og importvern utgjer 15 pst.
Forvaltningsoppgåver knytt til skogbruk, mellom anna tiltak for å auke avverkinga, utgjer om lag 9 pst. av ressursane.
Forvaltningsoppgåvene knytt til reindrift utgjer 8 pst. av ressursane.
Oppgåver knytt til miljøretta arbeid utgjer 8 pst. av ressursane og omfattar mellom anna forureining frå landbruket, oppretthalding av kulturlandskapet, førebyggande arbeid knytt til rovvilt m.m.
Tabell 4.3 Årsverk per fagområde for Mattilsynet i 20101.
Fagområde | Årsverk |
---|---|
Landbruk | 333 |
Akvakultur og sjømat | 156 |
Næringsmiddel | 756 |
Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling | 77 |
Sum årsverk | 1 320 |
1 Berekna årsverksfordeling er basert på registrert tidsbruk i 2009. Registrert tidsbruk omfattar for 2009 om lag 97 pst. av total tidsbruk.
Fagområdet landbruk omfattar ressursar som rettar seg mot landbruksproduksjon. Dette gjeld mellom anna tilsyn med plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd, plantevernmiddel og fòr til landdyr, samt overvakingsprogram knytt til dyrehelse. 25 pst. av årsverka i Mattilsynet er innretta mot dette fagområdet.
Fagområdet akvakultur og sjømat omfattar Mattilsynet sitt arbeid innan akvakultur og i høve til sjømatsverksemdene. Det gjeld mellom anna tilsyn med sjømatverksemder, fiskehelse og fiskefôr, samt overvakingsprogram knytt til fiskehelse og sjømat. 12 pst. av årsverka er innretta mot dette fagområdet.
Fagområdet næringsmiddel unntatt sjømat omfattar tilsyn retta mot mellom anna næringsmiddel, næringsmiddelindustri, inkl. serveringsbedrifter og drikkevatn, samt overvakingsprogram knytt til zoonosar. 57 pst. av årsverka er innretta mot dette fagområdet.
Fagområdet internasjonalt arbeid og regelverksutvikling omfattar Mattilsynet sitt arbeid med utvikling av regelverk, deltaking i internasjonale fora m.m. 6 pst. av årsverka er innretta mot dette fagområdet.
5 Fornying, organisasjons- og strukturendringar i statsforvaltninga
Det har dei siste åra vore gjennomført fleire større organisatoriske endringar i forvaltninga innan sektoren. Formålet har m.a. vore å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og -nivåa, og samtidig sørgje for ei effektiv og brukarretta forvaltning på landbruks- og matområdet. Vidare har departementet, for å møte utfordringane innan FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt, sett i gang fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet.
Det er eit hovudmål å fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane, samtidig som dei tilsette har arbeidsplassar som er utfordrande og utviklande og som gir tryggleik og deltaking i arbeidssituasjonen. Intensjonen er at omstilling og IKT-utvikling skal gi gevinst i den enkelte verksemd, for brukarane og for forvaltninga samla sett. I tråd med St.meld. nr. 19 (2008-2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap og regjeringa sitt fornyingsarbeid vil ein arbeide vidare for å styrkje, fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga.
6 Likestilling
Likestilling i landbrukssektoren
Næringslivet er avhengig av nyskaping og at ein tek i bruk mangfaldet av ressursar. Det er eit uttrykt mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha like høve til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og i tilknytte næringar.
Kvinner har i lengre tid blitt prioriterte ved tildeling av pengar til bygdeutvikling, og kvinner har i det seinare markert seg positivt innanfor etablering av nye næringar i landbruket og økologisk landbruk. Det er òg verdt å merke seg at kvinner i landbruket i dag har lengre utdanning og større lønnsinntekt utanfor garden enn menn.
Strategi for likestilling i landbruket utarbeida av Landbruks- og matdepartementet kom i 2007 og omfattar heile landbrukssektoren. Strategien har eit mål om 40 pst. kvinneleg representasjon når det gjeld eigarskap, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren.
Delen kvinnelege, personlege gardbrukarar i 2009 var 14,3 pst. Tala har dei siste åra vore nokolunde stabile. Om lag kvar tredje skogeigedom blir drive i kombinasjon med jordbruk. Kvar fjerde skogeigar er kvinne, og av skogeigarane med positiv næringsinntekt frå skogbruket er om lag 15-16 pst. kvinner.
Av Innovasjon Norge sine midlar til bygdeutvikling gjekk om lag 42 pst. av tilskotta og 41 pst. av låna med rentestønad til kvinner i 2009, medan tala var 29 pst. og 22 pst. i 2005. Departementet har bedt Innovasjon Norge prioritere kvinner som målgruppe generelt, og arbeide for ein vesentleg auke i delen som går til kvinner innanfor aktuelle program og tenester. Innovasjon Norge er òg bedt om å arbeide for ein auka del kvinner i styrer og leiing for verksemder som tek imot støtte.
Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner frå 2008 er ei felles satsing frå sju departement. Målet er at vesentleg fleire kvinner skal bli entreprenørar og at delen kvinner skal vere 40 pst. innan 2013. Departementet har bedt Innovasjon Norge om å bidra til å nå dette målet. Innovasjon Norge er aktivt oppmoda om å skaffe fram statistikk og materiale som set lys på likestillingsarbeidet.
Likestilling i landbruks- og matforvaltninga
Likestillingslova stiller krav til alle verksemder om å rapportere om status i arbeidet med likestilling. Nedanfor følgjer tala for Landbruks- og matdepartementet (juli 2010). Underliggjande verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Departementet har ei relativt jamn kjønnsfordeling, 56,5 pst. kvinner og 43,5 pst. menn. Det er noko ulikskap mellom avdelingane.
Departementet har gjennom dei siste åra hatt stor merksemd på å ha ei relativ lik kjønnsfordeling blant leiarar. Per august 2010 er kvinnedelen i leiarstillingar med personalansvar på 58 pst. I 2000 var talet kvinnelege leiarar 22 pst.
Toppleiargruppa i departementet har ein kvinnedel på 29 pst., ein kvinneleg ekspedisjonssjef er p.t. i permisjon. Innanfor dei andre stillingskategoriane er kvinnedelen som følgjer; spesialrådgjevar 0 pst., seniorrådgjevar 47,8 pst., rådgjevar 59,4 pst., førstekonsulent 75,9 pst. og konsulent 93 pst.
Det blei ikkje gjennomført lokale lønnsforhandlingar i 2009. Lønnsforhandlingar etter Hovedtariffavtalen pkt. 2.3.4 blei i 2009 gjennomført for 17 personar. 9 av desse gjaldt kvinner.
I løpet av 2009 blei det tilsett 13 personar i Landbruks- og matdepartementet. 6 av desse var kvinner.
5 tilsette blei i 2009 tildelt kompetansestipend, av desse var 2 kvinner og 3 menn.
Det er for tida 20 tilsette som arbeider deltid, og 15 av desse er kvinner. Når det gjeld overtid blei det i 2009 arbeidd 3 248 timar overtid. 58 pst. av overtidstimane blei utført av menn.
7 Omtale av tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege verksemder
Statskog SF
Utgifter til: | Kroner |
---|---|
Lønn, adm. dir. | 1 072 000 |
Pensjonsutgifter | 145 000 |
Anna godtgjersle1 | 135 000 |
1 Anna godtgjersle gjeld fri bil, telefon og aviser
Staur Gård AS
Utgifter til: | Kroner |
---|---|
Lønn, dagleg leiar1 | 318 000 |
Pensjonsutgifter | 38 000 |
Anna godtgjersle | 5 676 |
1 Dagleg leiar var i 2009 delvis AFP-pensjonist
8 Standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter (nettobudsjetterte verksemder)
Frå og med statsbudsjettet for 2010 vil departementet i budsjettproposisjonane presentere standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilte fullmakter (nettobudsjetterte verksemder) som departementet har ansvaret for. Dette gjeld følgjande verksemder:
Veterinærinstituttet
Bioforsk
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF)
Norsk institutt for skog og landskap
Hensikta med nøkkeltala er i første rekke å forbetre Stortinget og regjeringa sin kontroll og innsyn ved å presentere same type informasjon som blir gitt for dei bruttobudsjetterte verksemdene i dei ordinære oppstillingane i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Framstillinga er basert på kontantprinsippet for gjeldande budsjettår, samt rekneskapstala for dei tre siste åra.
Nærmare omtale av status for den enkelte verksemd går fram av kap. 1137 post 51.
Kort beskriving av tabellmaterialet
Tabell 1 gir ei oversikt over utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise verksemdas brutto utgifter og inntekter basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter same prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.
Tabell 2 gir ei oversikt over inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemder har fleire inntektskjelder og formålet med tabell 2 er å gi ein oversikt over dei ulike inntektskjeldene.
Tabell 3 gir ei oversikt over verksemdas kontantbehaldning per 31. desember med spesifikasjon av dei formål kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellane er å vise dei samla overføringane til neste budsjettår og samansetninga av overføringane.
Veterinærinstituttet
Tabell 8.1 Utgifter og inntekter fordelt etter art
Utgifter/inntekter | (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | Budsjett 2010 | |
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 162 494 | 174 381 | 189 947 | 205 303 |
Varer og tenester | 112 134 | 114 282 | 123 098 | 130 363 |
Sum driftsutgifter | 274 628 | 288 663 | 313 045 | 355 666 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 274 628 | 288 663 | 313 045 | 335 666 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 146 028 | 152 769 | 170 671 | 180 156 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | ||||
Refusjonar | ||||
Andre driftsinntekter | -1 423 | 5 280 | 4 177 | 14 973 |
Sum driftsinntekter | 144 605 | 158 049 | 174 848 | 194 129 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 123 617 | 126 842 | 134 172 | 142 210 |
Andre innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsinntekter | 126 617 | 126 842 | 134 172 | 142 210 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 42 | - 73 | 72 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 42 | - 73 | 72 | 0 |
Sum inntekter | 268 264 | 284 818 | 309 092 | 336 339 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | -6 384 | - 3 845 | - 3 953 | 673 |
Tabell 8.2 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | ||
---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | |||
Løyvingar frå fagdepartement | 72 733 | 79 071 | 83 845 |
Løyvingar frå andre departement | 33 400 | 36 390 | 37 900 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 4 800 | 0 | |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 19 452 | 16 252 | 12 427 |
Sum løyvingar | 130 385 | 131 713 | 134 172 |
Offentlege og private bidrag | |||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 3 862 | 3 508 | 4 293 |
Sum bidrag | 3 862 | 3 508 | 4 293 |
Oppdragsinntekter mv. | |||
Oppdrag frå statlege verksemder | 121 865 | 104 868 | 103 290 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter1 | 12 152 | 44 729 | 67 338 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 134 017 | 149 597 | 170 628 |
Sum inntekter | 268 264 | 284 818 | 309 092 |
1Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 8.3 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2007-2009
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | ||
---|---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | 2008 til 2009 | |
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 70 390 | 66 556 | 62 592 | - 3 964 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | - 10 | 0 | 10 |
Andre kontantbehaldningar | 10 | 10 | 10 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 70 400 | 66 556 | 62 602 | - 3 954 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 15 833 | 18 060 | 17 162 | -898 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 11 348 | 14 685 | 16 623 | 1 938 |
Gjeld til leverandørar | -5 058 | 3 668 | 1 793 | -1 875 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 26 059 | 16 049 | 20 196 | 4 147 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | 11 950 | 7 144 | 766 | -6 379 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 60 132 | 59 606 | 56 540 | -3 067 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar | 0 | |||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | 0 | 1 247 | 919 | -328 |
Fri verksemdskapital | 10 268 | 5 702 | 4 066 | -1 636 |
Sum andre avsetningar | 10 268 | 6 949 | 4 985 | -1 964 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 1 077 | 1077 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 1 077 | 1 077 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 70 400 | 66 556 | 62 602 | - 3 954 |
Bioforsk
Tabell 8.4 Utgifter og inntekter fordelt etter art
Utgifter/inntekter | (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | Budsjett 2010 | |
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 190 541 | 214 139 | 215 781 | 224 184 |
Varer og tenester | 145 062 | 173 939 | 169 430 | 189 191 |
Sum driftsutgifter | 335 603 | 388 078 | 385 211 | 413 375 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 16 906 | 19 073 | -405 | 15 000 |
Sum investeringsutgifter | 16 906 | 19 073 | -405 | 15 000 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 1 218 | -645 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 357 | 400 |
Sum finansielle utgifter | 0 | 1 128 | -288 | 400 |
Sum utgifter | 352 509 | 408 369 | 384 518 | 428 775 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 207 740 | 232 736 | 214 923 | 230 000 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre driftsinntekter | 4 328 | 4 018 | 3 242 | 3 000 |
Sum driftsinntekter | 212 068 | 236 754 | 218 165 | 233 000 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 17 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 17 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 161 399 | 159 199 | 167 822 | 168 987 |
Andre innbetalingar | 5 900 | 5 649 | 37 758 | 0 |
Sum overføringsinntekter | 167 299 | 164 848 | 205 580 | 168 987 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 379 384 | 401 602 | 423 745 | 401 987 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | 26 875 | -6 767 | 39 227 | -26 788 |
Tabell 8.5 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | ||
---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | |||
Løyvingar frå fagdepartement | 103 218 | 98 623 | 130 636 |
Løyvingar frå andre departement | 910 | 910 | 840 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 115 551 | 110 970 | 105 154 |
Sum løyvingar | 219 679 | 210 503 | 236 630 |
Offentlege og private bidrag | |||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 7 286 | 9 405 | 12 257 |
Sum bidrag | 7 286 | 9 405 | 12 257 |
Oppdragsinntekter mv. | |||
Oppdrag frå statlege verksemder | 51 535 | 57 786 | 56 875 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 14 477 | 20 834 | 21 150 |
Oppdrag frå private | 82 062 | 99 056 | 91 810 |
Andre inntekter1 | 4 345 | 4 018 | 5 023 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 152 419 | 181 694 | 174 858 |
Sum inntekter | 379 384 | 401 602 | 423 745 |
1 Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 8.6 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2007-2009
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | ||
---|---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | 2008 til 2009 | |
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 107 141 | 98 146 | 138 003 | 39 857 |
Behaldning på andre bankkonti | -1 674 | 554 | -76 | -630 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 105 467 | 98 700 | 137 927 | 39 227 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 18 721 | 22 620 | 24 760 | 2 140 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 4 915 | 2 483 | 2 478 | -5 |
Gjeld til leverandørar | 40 900 | 45 827 | 43 643 | -2 184 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 65 536 | 70 930 | 70 881 | -49 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 15 454 | 9 210 | 18 550 | 9 340 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement | 9 967 | 8 579 | 12 943 | 4 364 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang | 510 | 510 | 510 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 25 931 | 18 299 | 32 003 | 13 704 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | 0 | 0 | 0 | 0 |
Fri verksemdskapital | 14 619 | 9 240 | 34 812 | 25 572 |
Sum andre avsetningar | 14 619 | 9 240 | 34 812 | 25 572 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 381 | 231 | 231 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 381 | 231 | 231 | 0 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 105 467 | 98 700 | 137 927 | 39 227 |
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
Tabell 8.7 Utgifter og inntekter fordelt etter art
Utgifter/inntekter | Rekneskap (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | Budsjett 2010 | |
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 34 521 | 35 832 | 37 236 | 41 970 |
Varer og tenester | 9 945 | 10 498 | 11 925 | 11 377 |
Sum driftsutgifter | 44 466 | 46 330 | 49 161 | 53 347 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 528 | 1 144 | 438 | 750 |
Sum investeringsutgifter | 528 | 1 144 | 438 | 750 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 44 994 | 47 474 | 49 599 | 54 097 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 12 196 | 20 240 | 15 123 | 20 463 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | |
Refusjonar | 0 | 0 | 0 | |
Andre driftsinntekter | 0 | 0 | 0 | |
Sum driftsinntekter | 12 196 | 20 240 | 15 123 | 20 463 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 31 938 | 30 927 | 33 435 | 34 745 |
Andre innbetalingar | 1 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsinntekter | 31 939 | 30 927 | 33 435 | 34 745 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 44 135 | 51 167 | 48 558 | 55 208 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | -859 | 3 693 | -1 041 | 1 111 |
Tabell 8.8 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | ||
---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | |||
Løyvingar frå fagdepartement | 22 720 | 22 697 | 22 909 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 9 218 | 8 230 | 10 526 |
Sum løyvingar | 31 938 | 30 927 | 33 435 |
Offentlege og private bidrag | |||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 0 | 0 | 0 |
Sum bidrag | 0 | 0 | 0 |
Oppdragsinntekter mv. | |||
Oppdrag frå statlege verksemder | 7 113 | 12 584 | 12 233 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 56 | 123 | 28 |
Oppdrag frå private | 3 861 | 6 609 | 1 889 |
Andre inntekter1 | 1 167 | 924 | 973 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 12 197 | 20 240 | 15 123 |
Sum inntekter | 44 135 | 51 167 | 48 558 |
1Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 8.9 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2007-2009
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | ||
---|---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | 2008 til 2009 | |
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 20 253 | 23 952 | 22 913 | -1 039 |
Behaldning på andre bankkonti | 8 | 2 | 0 | -2 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 20 261 | 23 954 | 22 913 | -1 041 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 4 328 | 3 957 | 4 907 | 950 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 2 477 | 2 366 | 2 641 | 275 |
Gjeld til leverandørar | 1 454 | 927 | 940 | 13 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | -1 686 | 2 706 | 1 256 | -1 450 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | -1 329 | -973 | -2 540 | -1 567 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 5 244 | 8 983 | 7 204 | -1 779 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | 0 | 0 | 0 | 0 |
Fri verksemdskapital | 12 964 | 13 009 | 14 019 | 1 010 |
Sum andre avsetningar | 12 964 | 13 009 | 14 019 | 1 010 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 2 053 | 1 962 | 1 690 | -272 |
Sum langsiktig gjeld | 2 053 | 1 962 | 1 690 | - 272 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 20 261 | 23 954 | 22 913 | -1 041 |
Norsk institutt for skog og landskap
Tabell 8.10 Utgifter og inntekter fordelt etter art
Utgifter/inntekter | (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | Budsjett 2010 | |
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 100 867 | 112 658 | 120 238 | 129 943 |
Varer og tenester | 62 261 | 69 409 | 60 026 | 63 770 |
Sum driftsutgifter | 163 128 | 182 067 | 180 264 | 193 713 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 1 453 | 2 531 | 4 643 | 4 500 |
Sum investeringsutgifter | 1 453 | 2 531 | 4 643 | 4 500 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 8 218 | 8 541 | 10 847 | 9 055 |
Andre utbetalingar | 5 400 | 4 514 | 4 001 | 4 000 |
Sum overføringsutgifter | 13 618 | 13 055 | 14 848 | 13 055 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 178 199 | 197 653 | 199 755 | 211 268 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 34 130 | 32 632 | 23 210 | 34 500 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 1 438 | 679 | 1 090 | 1 500 |
Andre driftsinntekter | 118 | 218 | 561 | 0 |
Sum driftsinntekter | 35 686 | 33 529 | 24 861 | 36 000 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 62 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 62 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 145 778 | 160 651 | 170 242 | 181 126 |
Andre innbetalingar | 1 264 | 841 | 4 937 | 6 000 |
Sum overføringsinntekter | 147 042 | 161 492 | 175 179 | 187 126 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 182 728 | 195 083 | 200 040 | 223 126 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | 4 529 | -2 570 | 285 | 11 858 |
Tabell 8.11 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | ||
---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | |||
Løyvingar frå fagdepartement | 95 982 | 105 353 | 106 657 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 18 617 | 19 913 | 26 774 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 32 106 | 35 385 | 36 811 |
Sum løyvingar | 146 705 | 160 651 | 170 242 |
Offentlege og private bidrag | |||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 4 897 | 4 678 | 4 937 |
Sum bidrag | 4 897 | 4 678 | 4 937 |
Oppdragsinntekter mv. | |||
Oppdrag frå statlege verksemder | 17 297 | 16 347 | 11 454 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 3 239 | 5 555 | 5 555 |
Oppdrag frå private | 8 681 | 6 579 | 6 579 |
Andre inntekter1 | 1 909 | 1 273 | 1 273 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 31 126 | 29 754 | 24 861 |
Sum inntekter | 182 728 | 195 083 | 200 040 |
1Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 8.12 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2007-2009
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | ||
---|---|---|---|---|
31.12.2007 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | 2008 til 2009 | |
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 50 637 | 47 952 | 48 171 | 218 |
Behaldning på andre bankkonti | 3 363 | 3 478 | 3 545 | 68 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 54 000 | 51 430 | 51 716 | 286 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 10 513 | 11 667 | 10 435 | -1 232 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 6 227 | 8 477 | 9 745 | 1 268 |
Gjeld til leverandørar | 10 339 | 9 201 | 8 419 | -782 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 27 139 | 29 345 | 28 599 | -746 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 3 271 | 3 697 | 1 635 | -2 062 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement | 18 189 | 18 952 | 21 782 | 2 830 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 1 862 | 3 427 | 7 898 | 4 471 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang | 3 653 | 2 738 | 6 334 | 3 596 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av -løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 26 975 | 28 814 | 37 649 | 8 835 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | -114 | 5 357 | 2 000 | -3 357 |
Fri verksemdskapital | 0 | -12 086 | -16 532 | -4 446 |
Sum andre avsetningar | -144 | -6 729 | -14 532 | -7 803 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 54 000 | 51 430 | 51 716 | 286 |