Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 — Utgiftskapittel: 800–868, 2530 Inntektskapittel: 3821, 3822, 3842, 3855, 3856, 3858, 3859

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudmål og politiske prioriteringar

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har eit overordna sektoransvar for familie og samliv, kjønnslikestilling, ikkje- diskriminering, barn og unges oppvekst og levekår, forbrukarinteresser og integrering og inkludering av innvandrarar.

Målet for regjeringas politikk på barne- og ungdomsområdet er å sikre alle barn og unge likeverdige tilbod og å leggje til rette for at alle barn og unge har like gode moglegheiter til å utvikle seg, utan omsyn til bakgrunn og livssituasjon til foreldre og kor i landet dei bur.

Der familien ikkje strekk til, har samfunnet ei plikt til å sikre barn og unge gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår. Det er eit viktig mål for regjeringa at barnevernet over heile landet skal kunne gi rett hjelp til utsette barn og unge tidleg. For å nå dette målet vil regjeringa i 2011 styrkje det kommunale barnevernet. Barn og unges rettar, slik dei kjem til utrykk i FNs konvensjon om barnerettane, skal liggje til grunn for utforminga av politikken på området.

Alle innbyggjarar i Noreg skal ha like moglegheiter til å engasjere seg i nærmiljø, i fritidsaktivitetar til barna og politisk liv og det sivile samfunn. Frivillige organisasjonar er viktige aktørar i eit demokratisk og inkluderande samfunn.

For å hindre at det utviklar seg eit klassedelt samfunn der innvandrarar og barna deira har dårlegare levekår enn andre, vil regjeringa kjempe mot forskjellsbehandling og byggje ned barrierar mot deltaking.

Politikken skal bidra til tillit til institusjonar i samfunnet og innbyggjarar imellom. Slik tillit er viktig for å støtte opp under ordningar i velferdsamfunnet og styrkje fellesskap og samhald.

Ein heilskapleg og langsiktig politikk skal bidra til ei stabil og bærekraftig samfunnsutvikling. Den skal også bidra til at samfunnet kan møte ein meir internasjonal arbeidsmarknad og auka migrasjon.

Regjeringa vil i forbrukarpolitikken sikre forbrukarane ei sterk stilling, og gjere det enklare for forbrukarane å ta etiske og miljøvennlege val, og slik medverke til eit meir etisk og miljøforsvarleg forbruk.

Departementet arbeider for likestilling mellom kvinner og menn, for likestilt foreldreskap og gode vilkår for barnefamiliane. Departementet arbeider òg med å hindre diskriminering på grunnlag av mellom anna kjønn, seksuell orientering, etnisitet og funksjonsevne. Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem, og departementet arbeider både for å førebyggje valden og for å sikre gode tilbod til personar utsette for vald. Å sikre gode tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar er òg viktige oppgåver for departementet.

Departementet arbeider for å leggje til rette for at innvandrarar og barna deira på lik linje med alle andre innbyggjarar kan delta og bidra med sine ressursar i arbeidslivet og i samfunnet elles.

Forslaget til statsbudsjett for 2011 for BLD omfattar programområde 11 Barn, likestilling og inkludering og programområde 28 Foreldrepengar.

BLD har følgjande hovudmål for sine politikkområde:

  1. God og open forvalting

  2. Like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv

  3. Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv

  4. Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av bl.a. kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet

  5. Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

  6. Eit barnevern som gir barn og unge omsorg og vern slik at dei meistrar liva sine og utviklar evnene sine

  7. Ei sterk stilling for forbrukarane

  8. Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk

1.1 God og open forvalting

Departementet vil sikre ei kvalitetsbevisst, effektiv og open forvalting gjennom effektiv styring, organisering og drift av sektoren.

Gode etatar er viktige for å nå måla for sektoren. Departementet vil føre vidare arbeidet med å få til ei god mål- og resultatstyring av verksemdene.

1.2 Like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv

Politikken til regjeringa er tufta på likeverd, solidaritet og rettferd. Alle som bur i Noreg skal ha same plikter, rettar og moglegheiter til å bidra og delta i fellesskapet.

Innvandrarar er omfatta av dei rettar og plikter som gjeld for alle. I tillegg kjem særskilde rettar og plikter for nykomne innvandrarar. Desse skal vere godt grunngjevne og avgrensa til den første tida i Noreg, men er naudsynte for å få til god integrering. Introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap er sentrale tiltak retta mot nykomne innvandrarar.

Høg sysselsetjing og verdiskaping dannar grunnlaget for utvikling av velferdssamfunnet. Arbeid gir den einskilde økonomisk sjølvstende, motverker fattigdom, jamnar ut sosiale skilnader og fremmer likestilling mellom kvinner og menn. Arbeidsplassen er ein viktig møteplass mellom innvandrarar og resten av befolkninga. Regjeringa ønskjer å sikre betre bruk av den ressursen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre representerer, og å leggje til rette for at næringslivet tek denne ressursen i bruk.

BLD har eit overordna ansvar for samordning av politikken og tiltak på feltet og for å sikre samanheng mellom integrerings- og inkluderingspolitikken og andre politikkområde. Departementet skal sørgje for at politikken på integrerings- og inkluderingsområdet blir sett i verk gjennom utøvande aktørar, der kommunane spelar ei vesentleg rolle. Departementet har òg eit sektoransvar for mellom anna forvalting av introduksjonslova og statsborgarlova.

Samordninga mellom departementa kjem til uttrykk gjennom mål for inkludering av innvandrarbefolkninga og dei ulike handlingsplanane på området. Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga skal bidra til å synleggjere utviklinga og vere eit grunnlag for å vurdere resultata av det arbeidet styresmaktene gjer. Det er formulert 17 mål med tilhøyrande indikatorar på ansvarsområde til åtte departement, sjå omtale i del III.

Den einskilde fagstyresmakt har ansvar for tenestetilbodet til alle, medrekna innvandrarar og barna deira. I tråd med dette skal dei einskilde fagstyresmakter følgje opp og vurdere situasjonen også for desse på sine ansvarsområde.

Noreg har endra seg raskt frå å vere eit utvandringsland til eit innvandringsland. Delen personar med innvandrarbakgrunn har auka frå 1,5 prosent i 1970 til 11,4 prosent i 2010. Per i dag er det om lag 552 000 personar busett i Noreg som enten har innvandra sjølv eller som er født i Noreg av to innvandrarforeldre. Av desse har ca. 459 000 sjølv innvandra til Noreg, medan ca. 93 000 er fødd her i landet. Det bur innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn i alle kommunane i Noreg. Størst del er det i Oslo med 160 500, tilsvarande 27 prosent av befolkninga.

Innvandringa til Noreg har eit større mangfald enn i mange andre europeiske land. Det er stor variasjon i kven som innvandrar, årsak til innvandringa, kor lenge dei har vore i landet og korleis liva deira vil sjå ut i eit livsløpsperspektiv.

Langt dei fleste innvandrarar til Noreg og dei norskfødde barna deira er aktive deltakarar i arbeidsliv og i utdanning, er økonomisk sjølvstendige, snakkar norsk og deltek og bidrar på ulike arenaer i samfunnet. På viktige område er det framleis systematiske skilnader mellom befolkninga generelt og innvandrarar. Dette gjeld områdar som arbeid, utdanning, deltaking i val og helse.

Nye tal frå SSB stadfester mønstret frå tidlegare undersøkingar der unge fødd i Noreg med innvandrarforeldre deltek i utdanning og arbeid som anna ungdom.

Eit tydeleg trekk i rapportar om levekår frå SSB dei seinare åra er at skilnadene mellom innvandrarar og resten av befolkninga på sentrale område er mindre enn for eit tiår tilbake. Levekår og deltaking blir også betre på fleire område med auka butid.

Biletet blir mykje meir variert når ein samanliknar ulike innvandrargrupper. Levekår og deltaking varierer med landbakgrunn, innvandringsårsak, kjønn, alder, utdanningsbakgrunn og ikkje minst med butid i Noreg. Desse variasjonane er sentrale for å forstå korleis det går med integreringa i Noreg i dag og er viktige å vere merksam på i utforminga av politikk og verkemiddel framover.

Regjeringa føreslår ei rekkje satsingar på integrerings- og inkluderingsområdet i 2011.

Sjølv om det no kjem færre asylsøkjarar til landet, vil behovet for å busetje vere stort også i 2011. Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for rask busetjing til kommunane. I 2011 føreslår regjeringa derfor følgjande satsing på busetjingsområdet:

  • Vriding av integreringstilskotet mot enkelte grupper med flyktningar. Tiltaket skal stimulera til raskare busetjing av einslege vaksne og einslege mindreårige flyktningar.

  • Barn som blir født inntil 6 månader etter at mor er busett i ein kommune vil være omfatta av målgruppa for integreringstilskot.

  • Styrking av Husbankens bustadtilskot for å auke tilgangen på utleigebustadar til flyktningar, jf. Prop. 1 S (2010-2011) for Kommunal- og regionaldepartementet.

  • Forprosjekt for nye IKT-løysingar for eit effektivt busetjings- og tilskotsforvaltningssystem.

Regjeringa er oppteken av å sikre ei god kvalitet i dei store ordningane for nykomne flyktningar; introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Departementet tek sikte på å leggje fram forslag til endringar i introduksjonslova som utvikling av obligatoriske avsluttande prøver og utviding av personkrinsen for introduksjonsprogrammet. Departementet vurderer òg eit forslag om at dei innvandrarane som i dag har rett og plikt til norskopplæring får utvida timeramma.

Barnehagen er ein viktig arena for inkludering og språkopplæring. Regjeringa føreslår å vidareføre og utvide forsøksordninga med gratis kjernetid i barnehage.

Innvandrarar som ønskjer å etablere eigen verksemd møter særlege utfordringar samanlikna med etablerarar i befolkninga generelt. Dei har behov for tilrettelagd opplæring, rettleiing og støtte under og etter etableringa. Regjeringa føreslår å styrkje entreprenørskap for innvandrarar, og har sett av midlar til etablering av eit nasjonalt senter.

1.3 Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv

Regjeringa skal ha ein tydeleg profil når det gjeld likestilling mellom kjønna, både nasjonalt og internasjonalt. Ein god likestillingspolitikk er òg god økonomisk politikk. Høg yrkesdeltaking blant begge kjønn bidreg vesentleg til utvikling av velferdsstaten. Noreg sin gode økonomiske status er mellom anna eit resultat av målretta satsing på ordningar som gjer det mogleg for både menn og kvinner å kombinere yrkesliv og familieliv og oppretthalde tilknytinga til arbeidslivet i småbarnsfasen. Likestillingspolitikken må vere i stadig utvikling for å møte dei utfordringane vi står ovanfor, og politikken må vere basert på god kunnskap. Makt og ressursar er framleis skeivt fordelt mellom kjønna. Det er eit satsingsområde for regjeringa å styrkje kunnskapen om norsk likestillingspolitikk og om dei utfordringane vi står ovanfor på dette feltet.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval, Likestillingsutvalet, som har fått i mandat å greie ut norsk likestillingspolitikk med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse. Målet med utgreiinga er å leggje grunnlaget for ein heilskapleg og kunnskapsbasert likestillingspolitikk for framtida. Utvalet skal levere utgreiinga til BLD innan 1. august 2012. Departementet har i 2010 også etablert eit breitt samansett Kvinnepanel som er oppmoda om å gi innspel til regjeringa sin likestillingspolitikk, og sett ned ein komité for markering av 100 års- jubileet for allmenn stemmerett i 2013. For å tydeleggjere politikken på likestillingsfeltet tek regjeringa sikte på å leggje fram ein handlingsplan for kjønnslikestilling hausten 2010 som skal gjelde for perioden 2011-2014. Handlingsplanen skal mellom anna stimulere til auka merksemd på integrering av eit likestillingsperspektiv i all offentleg politikk.

For å nå målet om eit familievennleg arbeidsliv er det nødvendig å sjå familie-, likestillings- og arbeidslivspolitikken i samanheng. Regjeringa arbeider for at både kvinner og menn skal kunne ta del i yrkeslivet gjennom ulike livsfasar. Noreg har høg yrkesdeltaking blant kvinner. Dette betyr mykje for verdiskaping og økonomisk vekst. Det å sikre høg sysselsetting blant foreldre krev tilrettelegging i arbeidslivet og likestilling mellom kvinner og menn i fordeling av omsorgsoppgåvene i heimen.

Vi har ei rekkje ordningar retta mot familien, der formålet er å styrkje fedrane si omsorgsrolle og kvinner si deltaking i yrkeslivet og gjere det mogleg for begge foreldre å oppretthalde tilknytinga til arbeidslivet. Ei god og fleksibel foreldrepengeordning gjer det mogleg for både mødrer og fedrar å oppretthalde tilknytinga til arbeidslivet i småbarnfasen og dele på omsorgsoppgåvene i heimen. Arbeidet med å leggje til rette for og stimulere fedrane til å ta meir permisjon held fram. Fedrekvoten er det viktigaste tiltaket for å auke fedrars uttak av foreldrepengar. I 2011 vil regjeringa utvide fedrekvoten frå 10 til 12 veker. Den totale stønadsperioden vert utvida med ei veke øyremerka for far. Fedrekvoten vert òg utvida med ei veke innanfor gjeldande stønadsperiode. Den delen av perioden som er til valfri fordeling mellom foreldra vert dermed ei veke kortare enn i dag. Etter endringa vert fedrekvoten tolv veker av ein samla stønadsperiode på 47 eller 57 veker, avhengig av dekningsgrad.

Ein del fedrar med eiga opptening kan ikkje ta ut foreldrepengar fordi mor ikkje har opptent rett til foreldrepengar og heller ikkje går ut i arbeid eller utdanning etter fødselen. Ei gruppe som vert ramma av dette, er familiar der mor får uførepensjon. Dei kan ikkje tilpasse seg regelverket ved at mor begynner å arbeide eller studere. Regjeringa føreslår derfor at far med opptent rett til foreldrepengar skal få rett til permisjon i same veketal som fedrekvoten i tilfelle der mor mottek uførepensjon.

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om likelønn hausten 2010. Meldinga er ei oppfølgjing av Likelønnskommisjonen si utgreiing som blei lagt fram i 2008.

Det vil bli fremma ein lovproposisjon med forslag til endringar i barnelova om morskap og farskap, som ei oppfølgjing av NOU 2009:5 Farskap og annen morskap. Fastsetting og endring av foreldreskap.

Regjeringa har som mål å auke vernet av barn og styrkje rettar til foreldre i internasjonale saker om foreldreansvar og tiltak for vern av barn. Stadig fleire barn og foreldre har forankring i fleire land på grunn av global mobilitet. Regjeringa vil derfor leggje til rette for gjennomføring av Haagkonvensjonen 1996 om foreldreansvar og tiltak for vern av barn.

Familievernet skal sikre eit likeverdig tenestetilbod til brukarane, høg kvalitet på det faglege arbeidet og effektiv ressursutnytting. Departementet vil føre vidare kvalitetsprogrammet for å måle resultata av verksemda gjennom brukarmedverking. Familievernet skal styrkje sitt samarbeid med tenesteapparatet i familiesaker og med domstolane i meklingssaker. Departementet vil gjennom kompetanseheving, haldningsskapande arbeid og samarbeid på tvers av profesjonar søke å sikre at fleire foreldre med høgt konfliktnivå kjem fram til ei løysing gjennom mekling. Departementet vil sjå på behovet for endringar i familieverntenesta hausten 2010.

Krisesenterlova slår fast at kommunane har plikt til å gi eit tilbod til valdsutsette. Det øyremerkte statstilskotet til krisesenter blir avvikla i 2011, og midlane vert lagt inn i rammetilskotet til kommunane. Det er eit mål å betre tilgjenge til incestsentra og valdtektssentra for alle aktuelle brukargrupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, og å styrkje tilbodet til gutar og menn utsette for incest og seksuelle overgrep. BLD har ansvaret for gjennomføringa av ei rekkje tiltak i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2008-2011) Vendepunkt. Arbeidet med å etablere eit landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar skal halde fram, mellom anna gjennom oppretting av fleire Alternativ til vold (ATV) kontor. Frå 2011 vil BLD ta over ansvaret for forvaltinga av det statlege tilskotet til ATV. Menn skal også med i kampen mot vald mot kvinner gjennom eigne tiltak retta mot menn på menn sine eigne arenaer.

1.4 Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av bl.a. kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet

Regjeringa vil føre vidare arbeidet for eit samfunn med likestilling og fråvær av diskriminering for alle. Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammer både den einskilde og heile samfunnet. Likestilling tyder at alle skal ha like rettar, plikter og moglegheiter på alle område i livet, uavhengig av mellom anna kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonsevne. BLD har ei pådrivar- og rettleiarrolle for å fremme likestilling og hindre diskriminering på ulike grunnlag overfor andre departement.

BLD vil arbeide med å sjå dei ulike diskrimineringsgrunnlaga meir i samanheng. Oppfølging av forslaget om ei samla lov mot diskriminering på ulike grunnlag (NOU 2009:14), og arbeidet med å sikre at aktivitets- og rapporteringspliktene i likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova blir følgde opp av aktørane som er omfatta av pliktene, er viktige oppgåver.

Innsatsen for å sikre rettane til lesbiske og homofile, støtte homofile og lesbiske i å leve ope og aktivt motarbeide diskriminering, blir ført vidare i 2011. Regjeringa sin Handlingsplan for betre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (2009-2012) er det viktigaste grunnlaget for innsatsen i perioden. Auka kunnskap, integrering av lhbt-kompetanse i ulike sektorar og betre tilbod på fleire samfunnsområde er sentrale mål i handlingsplanen. For å betre kunne nå desse måla vil BLD starte arbeidet med å etablere eit ressurssenter for lhbt-spørsmål i 2011.

Den auka innsatsen til regjeringa for å fremme likestilling og hindre diskriminering, særleg retta mot samar, nasjonale minoritetar og innvandrarar og barna deira, blir ført vidare i 2011. Regjeringa sin Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012) er det viktigaste verkemiddelet på dette feltet i perioden. BLD koordinerer arbeidet med oppfølging av planen og samarbeider med hovudorganisasjonane i arbeidslivet om felles tiltak for å hindre diskriminering i arbeidslivet. Ved årsskiftet 2009/2010 var 47 av 66 tiltak sett i verk.

Det er eit mål å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne. Regjeringas visjon er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Eit viktig verkemiddel på området er oppfølgjing av Handlingsplanen for universell utforming og aukt tilgjenge (2009-2013), som skal støtte opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan og bygningslov og anna ny lovgiving som handlar om universell utforming.

BLD vil følgje opp det nyleg framlagte informasjons- og utviklingsprogrammet om politikken for utviklingshemma (2010-2013) og gjennomgangen av strategiplan for familiar med barn som har nedsett funksjonsevne. Arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne i alle aldersgrupper må sjåast i samanheng med andre diskrimineringsgrunnlag som kjønn, seksuell legning og etnisk bakgrunn.

1.5 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

Måla for barne- og ungdomspolitikken skal ha sitt utgangspunkt i likeverd, respekt for mangfald og ulikskap, solidaritet og medansvar for fellesskapet og omsyn for menneskeverdet. Det er særs viktig å leggje til rette for aktiv medverknad frå barn og unge tidleg, slik at vi òg for framtida sikrar eit kritisk, levande demokrati. Målretta innsats og gode fellesskapsløysingar er avgjerande for utvikling av eit godt og inkluderande oppvekstmiljø.

BLD har eit ansvar for samordninga av den statlege politikken på barne- og ungdomsområdet. Samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og unge vil bli ført vidare. Dette skjer mellom anna gjennom samarbeid om handlingsplanar, felles strategiar, forsøks- og utviklingsarbeid og konferansar.

Arbeidet med oppfølging av FNs konvensjon om barnerettane og anbefalingane frå FNs barnekomité vil halde fram i 2011.

BLD ser det som viktig at barn og unge sikrast høve til deltaking og innverknad, både i samfunnet og i eige liv. Departementet vil stimulere til at enda fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og unge. Departementet vil bidra til utveksling av idear og røynsle, mellom anna gjennom kåring av Årets barne- og ungdomskommune, og ved at temaet vert diskutert på konferansar og samlingar.

Regjeringa vil hausten 2010 sette ned eit offentleg utval som skal greie ut unges makt og deltaking i samfunnet. Utvalet skal ha eit breitt perspektiv på arbeidet og greie ut ulike gruppers moglegheiter og barrierar for makt og deltaking. Utvalet skal i hovudsak konsentrere seg om ungdomsbefolkninga i alderen 12-26 år, og leggje fram utgreiinga hausten 2011.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken og BLD støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane. Støtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unges deltaking og engasjement.

BLD vil bidra til at barn og unge i område med levekårsproblem kan få høve til deltaking på lik linje med andre. Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir ført vidare og vil i 2011 omfatte 23 bykommunar. Ordninga er todelt, ei særskilt satsing retta mot ungdom og ei særskilt satsing retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem. Gjennom fattigdomssatsinga blir det gitt stønad til ferie- og fritidstiltak og til tiltak som kan bidra til betre tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning, og stønad til meir langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem.

BLD vil føre vidare den særskilte satsinga retta mot ungdom i alderen 15-25 år som står utanfor opplæring og arbeidsliv (Unge utenfor). Arbeidet starta i 2007. Satsinga vil i 2011 omfatte innsats på fleire område for å utvikle, støtte og styrkje bruk av arbeidsmåtar og samarbeidsformer som gjer at ungdom kjem i opplæring eller arbeid. Erfaringar og kunnskap frå arbeidet vil bli spreidd gjennom konferansar og publikasjonar.

1.6 Eit barnevern som gir barn og unge omsorg og vern slik at dei meistrar liva sine og utviklar evnene sine

Regjeringas mål for barnevernet er at tenesta skal sikre alle barn og unge ein trygg og god oppvekst, enten dei veks opp med hjelp i familien eller gjennom aktiv hjelp utanfor heimen i dei høve der foreldra ikkje maktar å gi nødvendig omsorg og utviklingsmogelegheiter for barna. Politikken på barnevernsområdet heng saman med korleis den generelle oppvekst- og familiepolitikken blir forma, men tek først og fremst utgangspunkt i dei behova det enkelte barn og ungdommen har for hjelp, støtte og endring i kvardagen.

Fleire barn og unge får hjelp frå barnevernet no enn tidlegare. Dei siste åra har om lag 46 000 barn og unge i Noreg fått bistand frå barnevernet kvart år. Dei aller fleste får hjelp i heimen for å stimulere til betre oppvekstvilkår. For nokon er det best å bu i fosterheim eller på institusjon.

Det har vore ei jamn auke i talet på nye meldingar til barnevernet, fleire saker har blitt undersøkte og fleire barn og unge har fått hjelp frå barnevernet. Det har òg skjedd ei utvikling av kompetanse innan barnevernsfeltet, fleire tiltak er i dag tufta på kunnskap om kva som verkar. Talet på tilsette i barnevernet har auka både i det kommunale og statlege barnevernet, men særleg innan det kommunale barnevernet har det ikkje vore ein vekst i talet på tilsette som har møtt auken i nye saker. Det er eit viktig mål for regjeringa at barnevernet over heile landet skal kunne gi rett hjelp til utsette barn og unge tidleg. For å nå dette målet vil regjeringa i 2011 øyremerke 240 millionar kroner til ei styrking av det kommunale barnevernet. Hovuddelen av denne løyvinga skal gå til nye stillingar, men det vil og vere mogleg å søke om midlar til enkelte andre tiltak som styrkjer barnevernet lokalt. Fylkesmannsembeta, som kjenner kommunane godt, vil handsame søknadene frå kommunane.

I 2011 ventar ein framleis ein auke i talet på opphaldsdagar i det statlege barnevernet. Løyvingane til det statlege barnevernet blir styrkt som følgje av dette.

Nye standardkontraktar for statlege familie- og beredskapsheimar blei tekne i bruk våren 2010. Standardkontraktane gir oppdragstakarane gode og føreseielege rammevilkår, mellom anna rett til tenestepensjon etter lov om pensjonsordning for oppdragstakarar i statlege beredskaps- eller familieheimar, rett til refusjon av utgifter til yrkesskadeforsikring, rett til fri under og mellom plasseringar, opplæring og rettleiing, beredskap i akuttsituasjonar og vern mot oppseiing av kontrakten. Regjeringa føreslår at løyvinga til det statlege barnevernet blir auka med 120 mill. kroner til å dekkje utgiftene knytt til kontraktane i 2011.

I 2011 vil BLD få evaluert den organisatoriske reforma i barnevernet som skjedde i 2004, da det fylkeskommunale barnevernet blei statleg. Det var tverrpolitisk semje i Stortinget om denne reforma då ho vart vedteken, men seinare har det kome fram kritikk som mellom anna peiker på svikt i samarbeidet mellom kommunalt og statleg barnevern. I 2011 vil det bli utarbeidd fire deloppdrag om samarbeid og samordning av barneverntenestene, institusjonstilbodet, fagleg/økonomisk styring i det statlege barnevernet og oppgåve- og finansieringsansvar mellom kommune og stat. Det vil òg vere ein dialog med brukarar, foreldre, organisasjonar, tilsette, tillitsvalte og andre fagmiljø for å få fram ulike syn på korleis barnevernet best kan fylle sin rolle og det vil bli halde dialogkonferansar rundt i landet.

For å sikre kvaliteten i dei sakkunnige rapportane som blir nytta i barnevernet, vart det i 2010 oppretta ein eigen barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen har til oppgåve å gå gjennom alle sakkunnigrapportar som vert lagt fram i barnevernssaker. Departementet samlar no informasjon om kva som er kjenneteikn ved desse rapportane og vil i 2011 samanstille denne informasjonen slik at vi får betre kunnskap om innhald og kvalitet i rapportane frå dei som vert nytta som sakkunnige i barnevernsaker.

Ved tilbod til barn som treng tiltak både etter barnevernlova og andre velferdslover, kan det oppstå usemje mellom stat og kommune om kven som har ansvar for å dekkje utgiftene ved tiltaka. I 2010 vart det difor skipa eit forsøk med ei eiga tvisteløysingsnemnd for barnevernsaker. Denne tvisteløysingsnemnda er partssamansett med representantar oppnemnde frå KS og BLD. I 2011 vil røynslene frå det første året av arbeidet til denne nemnda bli samla. Det som kjem fram her vil kunne vere til hjelp i det vidare arbeidet for å gi barn og unge rett hjelp utan at usemje mellom forvaltningsnivå skal vere eit hinder.

BLD har det generelle overordna ansvaret for barnevernet. Departementet har forvaltingsansvaret for barnevernlova, og fører tilsyn med at lov og regelverk blir brukt riktig. Departementet sørgjer for at ein evaluerer erfaringar med lova og gjer nødvendige endringar. Departementet har òg ansvar for å gi retningslinjer og instruksar, setje i gang forsking på området, utvikle den generelle barnevernpolitikken og leggje til rette for at informasjon om barnevernet er tilgjengeleg.

Fylkesmannen er statleg barnevernstyresmakt på fylkesnivå. Fylkesmannen skal føre tilsyn med barneverntenesta i den enkelte kommune og er klageinstans for dei enkeltvedtaka barneverntenesta fattar som ikkje høyrer inn under fylkesnemndas styringsområde. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker er fagleg frittståande organ som mellom anna skal avgjere saker om omsorgsovertaking av barn, og saker om tiltak for barn med alvorlege åtferdsvanskar.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) forvaltar det statlege barnevernet. Bufetat består av fem regionale barnevernstyresmaktar og ein sentral barnevernstyresmakt (Bufdir). 26 fagteam er bindeleddet til det kommunale barnevernet. Dei regionale barnevernstyresmaktane har ansvar for mellom anna å hjelpe kommunane med plassering av barn utanfor heimen, rekruttering og formidling av fosterheimar, å gi fosterheimane nødvendig opplæring og rettleiing og for å etablere og drive statlege institusjonar.

Alle kommunane har ei barnevernteneste som er ansvarleg for å utføre dei oppgåver etter lova som ikkje er lagt til eit statleg organ. Kommunal barnevernteneste har mellom anna ansvar for å gjere undersøkingar, treffe vedtak om hjelpetiltak i heimen, forebu saker for Fylkesnemnda, følgje opp barn som er plasserte utanfor heimen, godkjenne fosterheim for det enkelte barn, drive førebyggjande arbeid og å fatte akuttvedtak.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har avgjerdsrett i dei såkalla tvangssakene etter barnevernlova og avgjer mellom anna saker om omsorgsovertaking. Det er avgjerande for rettstryggleiken og for eit velfungerande barnevern at fylkesnemndene har tilstrekkeleg kapasitet og arbeider effektivt. BLD føreslår derfor å auke løyvinga til fylkesnemndene med 10 mill. kroner til å styrkje sakshandsamingskapasiteten og den administrative styringa av fylkesnemndene.

1.7 Ei sterk stilling for forbrukarane

Samanlikna med mange andre land, har Noreg gode rammevilkår og rettar for forbrukarane. BLD vil både nasjonalt og internasjonalt arbeide for å tryggje og utvikle desse vidare i tråd med nye behov og utviklingstrekk. I tråd med dette vil departementet arbeide vidare med å sikre at det nye europeiske direktivet om forbrukarrettar som no er under handsaming blir mest mogleg i samsvar med norske forbrukarinteresser. Nye og reviderte forskrifter til marknadsføringslova skal utformast.

Retten til korrekt og relevant informasjon er grunnleggjande. Det er viktig at forbrukarane ikkje berre har god informasjon om varene og tenestene dei kjøper, men også kjenner rettane og pliktene sine. Slik informasjon er ein føresetnad for forbrukarmakt og for at konkurransen i marknaden skal fungere betre. I tråd med dette vil BLD medverke til å vidareutvikle Finansportalen (finansportalen.no) med mellom anna eigne informasjonssider for forsikringstenester. Ved utforminga av ulike informasjonstiltak vil det bli teke omsyn til at enkelte grupper av forbrukarar, som til dømes innvandrarar og personar med nedsett funksjonsevne, kan ha behov for informasjon som er spesielt tilrettelagt.

Det er eit mål at det utanrettslege systemet for tvisteløysing gjennom Forbrukartvistutvalet og frivillige nemnder skal verke mest mogleg heilskapleg og effektivt. Dette er viktig både for forbrukarane og for konkurranseforholda mellom dei næringsdrivande. Sakshandsaminga skal vere rask og god, samstundes som sentrale prinsipp om rettstryggleik blir tekne vare på. Så snart rapporten frå utvalet som er i gang med å greie ut det utanrettslege tvisteløysingssystemet for forbrukarsaker har vore ute på høyring, vil BLD gå i gang med å vurdere tiltak som kan gjere systemet meir heilskapleg og effektivt.

Ein aktiv forbrukarpolitikk føreset god dokumentasjon om tilhøva for forbrukarane. Undersøkinga frå 2008 av kor tilfredse forbrukarane var med ulike marknader skal derfor følgjast opp med nye undersøkingar. BLD vil arbeide for at flest mogleg av dei europeiske undersøkingane om forbrukarforhold også skal inkludere data frå Noreg. Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) vil framleis ha ei sentral rolle i å frambringe, forvalte og formidle kunnskap som er viktige for forbrukarane. I tillegg vil kontakten som Forbrukarrådet har med forbrukarar vere ein viktig del av grunnlaget for prioriteringane av arbeids- og satsingsområde på forbrukarområdet.

1.8 Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk

Skal ein lukkast med å få til eit meir etisk og miljøforsvarleg forbruk, må det være enkelt for forbrukarane å ta etiske og miljøvennlege val. BLD vil i tråd med dette arbeide for at forbrukarane i kjøpssituasjonar, i tillegg til å få informasjon om prisar og kvaliteten på varene og tenestene, også skal få informasjon om miljø- og klimabelastinga knytt til desse, og om kva standardar produsentar og leverandørar representerer når det gjeld etikk og samfunnsansvar. BLD vil framleis medverke til å styrkje og utvikle dei offisielle miljømerka Svanen og Blomen. For å få grunnlag for eit betre system for offentlege merkeordningar, vil BLD få kartlagt korleis merkeordningar fungerer som verkemiddel til å påverke åtferda til forbrukarane. BLD vil òg bidra til å framstille målemetodar for den samla miljøbelastinga frå det private forbruket.

Forbrukarrådet vil spele ei aktiv rolle i arbeidet med å gjere det enklare for forbrukarane å ta etiske og miljøforsvarlege val, mellom anna ved å gjennomføre produkttestar og ved å gi informasjon på Forbrukarportalen (forbrukerportalen.no). Forbrukarombodet vil sjå til at næringsdrivande ikkje nyttar miljø- og etikkargument på ein uriktig eller villleiande måte i marknadsføringa.

2 Oversikt over budsjettforslaget for BLD

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

Administrasjon

800

Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet

120 170

142 749

161 042

12,8

Sum kategori 11.00

120 170

142 749

161 042

12,8

Integrering og mangfald

820

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

174 024

170 649

179 939

5,4

821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

3 486 292

4 406 390

4 781 244

8,5

822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 523 076

1 710 316

1 664 649

-2,7

823

Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene

5 581

6 060

6 312

4,2

Sum kategori 11.05

5 188 973

6 293 415

6 632 144

5,4

Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

840

Krisetiltak

270 488

349 418

99 000

-71,7

841

Samliv og konfliktløysing

30 037

33 545

33 476

-0,2

842

Familievern

323 241

324 563

337 730

4,1

843

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

1 947

2 272

2 363

4,0

844

Kontantstøtte

1 514 046

1 418 000

1 437 000

1,3

845

Barnetrygd

14 782 318

14 820 000

14 950 000

0,9

846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

55 674

66 494

69 556

4,6

847

Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

196 064

210 003

213 613

1,7

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

48 959

51 128

52 713

3,1

Sum kategori 11.10

17 222 774

17 275 423

17 195 451

-0,5

Tiltak for barn og ungdom

850

Barneombodet

11 223

12 423

12 912

3,9

852

Adopsjonsstønad

13 192

16 677

14 896

-10,7

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

118 276

132 448

12,0

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

672 945

668 393

811 184

21,4

855

Statleg forvalting av barnevernet

5 029 267

4 931 508

5 280 933

7,1

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

475 176

580 500

229 077

-60,5

857

Barne- og ungdomstiltak

199 613

198 600

202 506

2,0

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

207 724

224 935

252 569

12,3

859

EUs ungdomsprogram

8 715

6 962

7 274

4,5

Sum kategori 11.20

6 617 855

6 758 274

6 943 799

2,4

Forbrukarpolitikk

860

Forbrukarrådet

94 137

105 449

108 760

3,1

862

Positiv miljømerking

4 532

4 677

5 822

24,5

865

Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

22 882

13 028

13 432

3,1

866

Statens institutt for forbruksforsking

25 660

26 481

27 041

2,1

867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

6 852

7 536

7 752

2,9

868

Forbrukarombodet

21 212

20 888

21 495

2,9

Sum kategori 11.30

175 275

178 059

184 302

3,5

Sum programområde 11

24 136 074

30 647 920

31 116 838

1,5

Stønad ved fødsel og adopsjon

2530

Foreldrepengar

13 850 284

14 216 000

15 083 000

6,1

Sum kategori 28.50

13 850 284

14 216 000

15 083 000

6,1

Sum programområde 28

13 850 284

14 216 000

15 083 000

6,1

Sum utgifter

37 986 358

44 863 920

46 199 738

3,0

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

01-23

Drift

6 166 027

6 385 850

6 522 143

2,1

30-49

Nybygg og anlegg

31 329

64 997

66 427

2,2

50-59

Overføringar til andre statsrekneskaper

205 360

226 848

215 914

-4,8

60-69

Overføringar til kommunar

830 293

7 032 888

7 283 266

3,6

70-98

Overføringar til private

30 753 349

31 153 337

32 111 988

3,1

Sum under departementet

37 986 358

44 863 920

46 199 738

3,0

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

Administrasjon

3800

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

3 643

Sum kategori 11.00

3 643

Integrering og mangfald

3820

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

6 457

3821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

71 767

74 000

101 334

36,9

3822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

142 884

175 731

94 320

-46,3

Sum kategori 11.05

221 108

249 731

195 654

-21,7

Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

3842

Familievern

7 418

560

577

3,0

3846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

934

Sum kategori 11.10

8 352

560

577

3,0

Tiltak for barn og ungdom

3850

Barneombodet

835

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 118 869

999 046

953 795

-4,5

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

300 575

424 928

136 900

-67,8

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

4 904

433

433

0,0

3859

EUs ungdomsprogram

2 910

2 300

2 300

0,0

Sum kategori 11.20

1 474 447

1 478 624

1 093 428

-26,1

Forbrukarpolitikk

3867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

159

3868

Forbrukarombodet

1 330

Sum kategori 11.30

1 489

Sum programområde 11

1 487 931

1 728 915

1 289 659

-25,4

Sum inntekter

1 487 931

1 728 915

1 289 659

-25,4

2.2 Postar med stikkordet kan overførast

Under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet blir stikkordet føreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2010

Forslag 2011

821

21

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling

233

45 218

846

79

Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid

533

7 965

847

71

Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming

8 496

19 479

857

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

48 537

857

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv.

7 434

32 393

859

01

Driftsutgifter

2 018

7 274

865

21

Spesielle driftsutgifter

3 570

8 912

865

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk

1 559

4 520

2.3 Meirinntektsfullmakter

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet føreslår at departementet i 2011 kan:

overskride løyvinga på

mot tilsvarande meirinntekter under

kap. 820 post 01

kap. 3820 post 01

kap. 823 post 01

kap. 3823 post 01

kap. 842 post 01

kap. 3842 post 01

kap. 855 post 01

kap. 3855 postane 01, 02, 03 og 60

kap. 856 post 01

kap. 3856 post 01

kap. 858 post 01

kap. 3858 post 01

kap. 859 post 01

kap. 3859 post 01

kap. 868 post 01

kap. 3868 post 01

Til forsida