Del 2
Nærmare om budsjettforslaget
3 Nærmare om budsjettforslaget
Programområde 11
Programkategori 11.00 Administrasjon
Hovudinnhald og prioriteringar
Under programkategori 11.00 Administrasjon ligg lønns- og driftsutgifter til departementet og utgifter til stillingar som departementet finansierer i Europakommisjonen.
Mål
For 2011 blir følgjande mål prioriterte:
Hovedmål | Delmål |
---|---|
|
|
| |
|
Resultatrapport og strategiar
Delmål 1.1: Effektiv organisering og drift av departementet
Resultatrapport 2009/2010
Departementet har sett i verk tiltak for å gi eit best mogleg samsvar mellom oppgåveprioritering, ressursallokering og bruk av den samla kompetansen i departementet.
Ved overføringa av ansvaret for integreringspolitikken til BLD blei det i røyndomen skipa eit nytt departement. Våren 2010 blei det derfor sett i gang eit prosjekt (Nye BLD) som skal sikre at departementet når dei politiske måla gjennom god organisering og effektive arbeidsprosessar. Det inneber mellom anna ein gjennomgang av arbeids- og oppgåvedelinga mellom departement og etatar og av den interne organiseringa i departementet.
Strategiar og tiltak for 2011
Prosjektet Nye BLD, somvil gå utover i 2011, har tre vidt definerte utviklingsområde med ulike tiltak knytte til kvart av dei:
utvikling og styrking av rolla som sekretariat for den politiske leiinga
evne til å handtere skiftande politiske prioriteringar og nye oppgåver
betre samhandling/samordning og deling av kunnskap på tvers av avdelingar
Det overordna målet er å sikre at dei politiske måla blir nådde gjennom god organisering og effektive arbeidsprosessar.
Innføringa av nytt system for elektronisk sakshandsaming har blitt utsett til 2011. Det nye systemet skal effektivisere arbeidsprosessane og lette samhandlinga på tvers av avdelings- og departementsgrenser.
Delmål 1.2: Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Departementet har lagt vekt på at styringa stimulerer verksemdene til å leggje opp drifta rasjonelt og målretta. Under følgjer omtale av to av BLDs verksemder som begge har eit særskilt arbeid på gang innan organisering.
Organisering og drift av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)
Etaten blei oppretta mellom anna for å utvikle eit betre barnevern og familievern med god økonomisk kontroll. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) skal sikre at regionane utnyttar ressursane godt, og er ansvarleg for at regionane når sine mål. Det er direktoratet si oppgåve å nå måla med reforma frå 2004, og å oppfylle dei måla som er vedtekne av Stortinget med dei ressursane som står til disposisjon. Det har vore ein sterk auke i utgiftene til det statlege barnevernet frå 2005 til 2009.
Direktoratet har i 2009 gjennomført fleire analysar av den økonomiske situasjonen i Bufetat. Analysane har danna grunnlag for ei felles forståing av utfordringane i etaten. I 2009 blei det sett i verk fleire utgiftsreduserande tiltak. Bufdir arbeidde med å fortsetje vridinga frå bruk av institusjon til meir bruk av fosterheim og hjelpetiltak i heimen. Dessutan blei det sett i verk tiltak for å redusere opphaldstida i institusjonar og for å sikre ei betre kapasitetsutnytting i statlege institusjonar. Som følgje av det har ein òg klart å redusere kjøp av private institusjonsplassar.
Bufdir arbeider òg med å utvikle og etablere felles faglege standardar og normer på ei rekkje område. Målet er å sikre einskapleg styring på alle saksområda. Det blei sett i gang prosjektering av eit nytt fag- og rapporteringssystem (BIRK) tidleg i 2009. I tilegg til å gjennomføre eigne analysar av utgiftsutviklinga gav direktoratet i 2009 eit konsulentfirma i oppdrag å sjå på utgiftsutviklinga i etaten. Arbeidet dreidde seg i hovudsak om å analysere og vurdere årsakene til styringsmessige og økonomiske utfordringar. Dette innebar mellom anna å tydeleggjere eventuelle eksterne faktorar som gjer kontroll og styring vanskelegare, og å identifisere kva slags faktorar som Bufetat har innverknad på for å sikre kontroll og styring. Det blei føreslått konkrete tiltak som vil påverke utgiftsutviklinga. Direktoratet har i samband med dette arbeidet oppretta Program for økonomisk balanse og god praksis i statleg barnevern i 2010 (Program 2010) for å følgje opp analysen. Måla for Program 2010 er budsjettbalanse i 2010 og i åra framover og auka fagleg måloppnåing gjennom eit likeverdig og kunnskapsbasert barnevern med einsarta praksis.
Direktoratet arbeider spesielt med desse tre hovudinnsatsområda:
Inntak og val av tiltak: Ein ønskjer å få til ein einsarta praksis i etaten for kva slags problem barn som kjem inn i det statlege barnevernet har, og kva slags tiltak dei får. Dette skal ein sikre ved å etablere faste rutinar for arbeidet overfor kommunane og ved å styrkje samarbeidet mellom kommunalt og statleg barnevern.
Institusjonsutgifter: Målet er å redusere institusjonsutgiftene, mellom anna ved å auke kapasitetsutnyttinga i statlege institusjonar.
Opphaldstid: Etaten skal gå gjennom og følgje opp alle institusjonsopphalda som varer lenger enn to år.
Dessutan har direktoratet gjennomført utviklingsarbeid for å få til betre internkontroll og økonomistyring. Bufdir har òg arbeidd med rettleiing til forskrift for internkontroll i barnevernsinstitusjonar og rettleiing for oppfølging av barn og unge sin skolegang.
God, forsvarleg og effektiv sakshandsaming i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har administrativt vore ein del av departementet sidan dei blei oppretta i 1993, men i 2009 gjekk departementet inn for å skilje dei ut. Dette arbeidet held fram, og verksemda vil vere skild ut frå departementet frå 1. januar 2011.
Ny direktør for fylkesnemndene blei tilsett i slutten av 2009 og starta arbeidet i mars 2010. Direktøren har budsjett- og resultatansvar for fylkesnemndene og skal mellom anna arbeide for å senke sakshandsamingstida og sikre betre utnytting av ressursane i regionane. Hovudoppgåva til direktøren i 2010 er å etablere ei robust eining som kan ta over dei administrative oppgåvene som tidlegare blei utførte i departementet.
Den fremste resultatindikatoren til fylkesnemndene er gjennomsnittleg sakshandsamingstid. Landsgjennomsnittet var i 2009 på 56 dagar, og i første kvartal av 2010 var handsamingstida på 46 dagar i gjennomsnitt. Dette er ein nedgang frå 66 dagar i 2008 og 77 dagar i 2007.
Strategiar og tiltak for 2011
Effektive etatar er viktige for å nå måla for sektoren. Departementet vil føre vidare arbeidet med å få til ei god mål- og resultatstyring av verksemdene med risikostyring som ein integrert del og sjå til at verksemdene har gode system for dette.
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Arbeidet med å skape ei felles fagleg og økonomisk forståing i etaten er ein føresetnad for å nå måla med etableringa av etaten. Riktig ressursbruk og effektiv organisering er avgjerande. Departementet vil leggje vekt på at arbeidet som starta i 2010 gjennom Program 2010, blir ført vidare. Programmet inneberer at mønster for samarbeid, arbeidsformer og faglege vurderingar i etaten må endrast. For å utnytte potensialet for gjensidig læring, skal direktoratet leggje til rette for eit miljø for utveksling av erfaringar mellom regionane. Direktoratet skal vidare leggje til rette for effektive arbeidsprosessar og betre utnytting av ressursane i etaten. For å få til varige endringar er det viktig å involvere og forankre arbeidet i heile organisasjonen. Etaten utviklar òg eit felles og gjennomgåande styringssystem basert på felles normer og standardar som vil bidra til meir heilskapleg styring av etaten.
Departementet legg vekt på å utvikle tiltaka i det statlege barnevernet. Samstundes er eit godt samarbeid mellom statleg og kommunalt barnevern ein føresetnad for å få til gode tiltak, sjå omtale under delmål 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern. Etaten vil i 2011 halde fram arbeidet med å auke kvaliteten på statlege tiltak og styrkje samarbeidet mellom statleg og kommunalt barnevern.
Departementet sette i 2010 i gang ei evaluering av barnevernsreforma, sjå omtale under delmål 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern. Evalueringa vil mellom anna sjå på oppgåve- og finansieringsansvaret i statleg og kommunalt barnevern. Etter at resultata frå evalueringa er klare, vil departementet vurdere om det er behov for endringar i organiseringa og oppgåvefordelinga i barnevernet.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er ein viktig del av det statlege barnevernet. Barn som er råka av omsorgssvikt, er i ein særs vond situasjon, og det er viktig at sakene deira blir avgjorde så fort som mogleg. Rask avgjerd i saker er òg viktig for at andre delar av det kommunale og statlege barnevernet skal kunne nytta ressursane effektivt. Fylkesnemndene har gjennom fleire år redusert den gjennomsnittlege sakshandsamingstida. Målet for 2011 er at utviklinga held fram, og at sakshandsamingstida går enda meir ned.
Sidan fylkesnemndene blei oppretta i 1993, har dei vore ein del av BLD. Frå 1. januar 2011 skal dei formelt skiljast ut, og den nye verksemda skal overta dei administrative oppgåvene som tidlegare låg i departementet. Departementet ventar auka effektivitet som følgje av at det blir oppretta ein ny sentraladministrasjon, mellom anna takka vere ei styrkt administrativ leiing som arbeider nærmare nemndene. Ei styrkt leiing skal gjere fylkesnemndene betre rusta til å møte utfordringane verksemda står overfor, og til å nytte gevinstar frå beste praksis. Med den nye organiseringa blir det òg mogleg å nytte fylkesnemndene sitt system for utveksling av nemndsleiarressursar på ein betre måte, og dette legg til rette for mindre variasjon i sakshandsamingstid mellom nemndene.
Departementet føreslår å auke løyvinga til fylkesnemndene med 10 mill. kroner for å styrkje sakshandsamingskapasiteten og den administrative styringa av nemndene.
Delmål 1.3: God og målretta informasjon
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
BLD har gjennomført informasjons- og kommunikasjonstiltak i samband med dei ulike aktivitetane innanfor departementet sine fagområde. Departementet kartlegg systematisk dei sakene der informasjons- og kommunikasjonstiltak er nødvendige og viktige verkemiddel. Dette gjer BLD overordna og langsiktig gjennom kvartalsvise strategisamlingar, og kvar veke på eit meir detaljert nivå.
Departementet legg vekt på publikumsvennleg, open og korrekt informasjon som skal vere forståeleg og i rett tid for dei ulike målgruppene.
Kommunikasjonsverksemda til BLD skjer i stor grad gjennom eigne initiativ, men òg for å handsame informasjonsbehov i media. Dette er ein viktig kanal til publikum. Den 1. januar 2010 fekk departementet eit nytt fagområde gjennom inkluderingsfeltet. Dette har òg gitt større merksemd frå publikum og media og har ført til auka aktivitet med informasjon og kommunikasjon.
Departementet har dessutan ein jamn pågang frå internasjonal presse, som særleg interesserer seg for Noreg som likestillingsnasjon.
Det er òg ei viktig prioritering å syte for at heimesida til departementet på regjeringen.no er korrekt og aktuell. Gjennom året er sosiale medium nytta i ei viss grad ved særskilde høve.
Strategiar og tiltak for 2011
BLD skal drive god og målretta informasjons- og kommunikasjonsverksemd innan dei ulike fagområda til departementet. Ein går gjennom planane og aktivitetane til avdelingane for å avklare og kartleggje behovet og strategien for informasjons- og kommunikasjonsverksemd. BLDs kommunikasjonsverksemd skal vere tufta på eigne initiativ vurdert kontinuerleg ut frå aktivitetane innanfor fagområda.
Media og departementets nettsider er sentrale kanalar for å nå ut til dei ulike målgruppene. Dei sosiale media er eigna kanalar ved nokre konkrete prosjekt og aktivitetar. Informasjonen på nettsidene skal vere korrekt og aktuell. Handsaming av informasjonsbehov i media skal utgjere ein vesentleg del av kommunikasjonsaktivitetane.
Nærmare om budsjettforslaget:
Kap. 800 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 114 995 | 136 598 | 146 350 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 5 175 | 6 151 | 14 692 |
Sum kap. 800 | 120 170 | 142 749 | 161 042 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje lønn til stillingar og andre driftsutgiftar i departementet. Det vert føreslått ei auke i løyvinga på 2,4 mill. kroner til dekning av to nye stillingar og gjennomføring av interne lønnsforhandlingar. Det blir føreslått å flytte 2,3 mill. kroner til posten frå Arbeidsdepartementets kap. 600 Arbeidsdepartementet, post 01 Driftsutgifter. Midlane skal dekkje auka utgifter i BLD som følgje av endra departementsstruktur frå 1.1.2010 utover tidlegare flytting av midlar.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje utgifter til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen på likestillings-, barne- og ungdomsfeltet, utvalsarbeid og andre tidsavgrensa oppdrag. Det er føreslått ein auke av posten på 8,1 mill. kroner for å dekkje utgifter til to utval og oppfølgjing av eit tredje. Det er i tillegg flytt 0,2 mill. kroner til posten frå kap. 857 Barne og ungdomstiltak, post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv. for å gjere postbruken meir korrekt.
Kap. 3800 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Tilfeldige inntekter | 824 | ||
15 | Refusjon av arbeidsmarkedstiltak | 74 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 206 | ||
18 | Refusjon av sykepengar | 1 539 | ||
Sum kap. 3800 | 3 643 |
Programkategori 11.05 Integrering og mangfald
Hovudinnhald og prioriteringar
BLD har eit overordna ansvar for samordning av politikken og tiltak på integrerings- og inkluderingsområdet og for å sikre samanheng mellom integrerings- og inkluderingspolitikken og andre politikkområde.
Den enkelte fagstyresmakt har ansvar for tenestetilbodet til alle, medrekna innvandrarar og barna deira. I tråd med dette skal dei enkelte fagstyresmaktene følgje opp og vurdere situasjonen også for desse på sine ansvarsområde.
Handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga (2007-2010) har verka som ein viktig reiskap for samordning og samhandling mellom dei ansvarlege fagdepartementa. Regjeringas offensive arbeid på integrerings- og inkluderingsområdet held fram. Nye satsingar på området i 2011 er:
Ei heilskapeleg satsing på busetjingsområdet for å få til rask busetjing av flyktningar. Satsinga inneheld midlar til integreringstilskot, utleigebustadar for flyktningar og nye IKT-løysingar for å utvikle eit effektivt busetjings- og tilskotsforvaltningssystem.
Ei utviding av målgruppa for integreringstilskotet.
Ei vidareføring og utviding av forsøksordninga med gratis kjernetid i barnehage.
Ei styrking av entreprenørskap for innvandrarar. Regjeringa har sett av midlar til etablering av eit nasjonalt senter.
Regjeringa er vidare oppteken av å sikre god kvalitet i dei store ordningane for nykomne flyktningar; introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Departementet tek sikte på å leggje fram forslag til endringar i introduksjonslova som utvikling av obligatoriske avsluttande prøver og utviding av personkrinsen for introduksjonsprogrammet. Departementet vurderer òg eit forslag om at dei innvandrarane som i dag har rett og plikt til norskopplæring får utvida timeramma.
Samordninga mellom departementa kjem òg til uttrykk gjennom Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga. Måla skal bidra til å synleggjere utviklinga og vere eit grunnlag for å vurdere resultata av det arbeidet styremaktene gjer. Det er formulert 17 mål med tilhøyrande indikatorar på ansvarsområde for åtte departement. Rapporteringa på måla og dei tilhøyrande indikatorane gir eit bilete av utviklinga og dermed eit grunnlag for vidare politikkutvikling.
Departementet skal sørgje for at politikken på integrerings- og inkluderingsområdet blir sett i verk gjennom ulike aktørar, der kommunane spelar ei vesentleg rolle. Departementet har òg eit sektoransvar for mellom anna forvalting av introduksjonslova og statsborgarlova.
Ansvaret for utlendingsfeltet er delt mellom fleire departement og etatar. Ei heilskapeleg utlendingsforvaltning med god flyt i heile tiltakskjeda og samarbeid mellom dei ulike forvaltningsledda er ein føresetnad for rask busetjing av flyktningar og legg premissar for det vidare integreringsarbeidet.
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) skal setje i verk integrerings- og inkluderingspolitikken på ansvarsområdet til departementet. IMDi skal gi faglege råd og vere eit kompetansesenter for kommunane og sektorstyresmaktene.
Vox – nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk har det pedagogiske ansvaret for opplæring i norsk og samfunnskunnskap på oppdrag frå departementet. Vox har ansvar for læreplan, norskprøver, læremiddelutvikling og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene (KIM) er eit rådgivande organ for styresmaktene og eit forum som kan fremme synspunkt frå innvandrarar til det offentlege.
Noreg har endra seg raskt frå å vere eit utvandringsland til å bli eit innvandringsland. Etter ein periode med open arbeidsinnvandring fram til 1975 har innvandringa til Noreg frå land utanfor Norden i hovudsak vore humanitær, det vil seie flyktninginnvandring og familieinnvandring. Ei endring kom med EØS-utvidinga i 2004, og i 2006 blei arbeid den viktigaste innvandringsårsaka med den store auken av arbeidsinnvandrarar frå dei nye medlemslanda i Sentral- og Aust-Europa. I perioden 1990 til 2008 fekk i alt 377 000 personar med statsborgarskap frå eit land utanfor Norden opphald. I heile perioden kom 24 prosent som flyktningar, 40 prosent som familieinnvandrarar, 24 prosent som arbeidsinnvandrarar og 11 prosent på grunnlag av utdanning. Auken dei seinaste åra gjeld særleg sameining av familie til arbeidsinnvandrarar frå nye EØS-land, særleg Polen. Blant familieinnvandrarane er det flest kvinner og barn.
Talet på personar med innvandrarbakgrunn har auka frå 1,5 prosent i 1970 til 11,4 prosent i 2010. Per i dag bur det om lag 552 000 personar i Noreg som enten har innvandra sjølve, eller som er fødde i Noreg av to innvandrarforeldre. Av desse har ca. 459 000 innvandra til Noreg sjølve, medan om lag 93 000 er fødde i Noreg av innvandrarforeldre. Dei største gruppene har bakgrunn frå Polen, Sverige, Tyskland og Irak. Totalt sett er det om lag like mange kvinner som menn. Kjønnsfordelinga varierer likevel mykje. Det er flest menn med opphav frå Polen, Storbritannia, Irak og Afghanistan, medan dei fleste personane med bakgrunn frå Thailand, Filippinane og Russland er kvinner.
Det bur innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn i alle kommunane i Noreg. Flest er det i Oslo med 160 500 personar, noko som svarer til 27 prosent av innbyggjarane.
Innvandringa til Noreg har eit større mangfald enn i mange andre europeiske land. Det er stor variasjon i kven det er som innvandrar, årsakene til innvandringa, kor lenge dei har vore i landet, og korleis livet deira vil sjå ut i eit livsløpsperspektiv.
Dei aller fleste innvandrarane i Noreg og dei norskfødde barna deira tek aktivt del i arbeidsliv og utdanning, er økonomisk sjølvstendige, snakkar norsk og deltek og bidreg på ulike arenaer i samfunnet. På viktige område er det framleis systematiske skilnader mellom innbyggjarane generelt og innvandrarar. Dette gjeld arbeid, utdanning, helse og deltaking i val.
OECD-rapporten Labour market integration of immigrants and their children in Norway frå 2009 viser at innvandrarar i Noreg i høgare grad er i arbeid enn innvandrarar i nabolanda. Den norske innsatsen for å auke deltakinga på arbeidsmarknaden blir trekt fram som særleg positiv.
Nye tal frå SSB stadfester mønsteret frå tidlegare undersøkingar, som viser at unge som er fødde i Noreg med innvandrarforeldre, tek del i utdanning og arbeid som annan ungdom.
Eit tydeleg trekk i rapportar om levekår frå SSB dei seinare åra er at skilnadene mellom innvandrarar og resten av befolkninga på sentrale område er mindre enn for eit tiår tilbake. Levekåra og deltakinga på viktige samfunnsarenaer blir også betre på fleire område med auka butid.
Biletet blir mykje meir variert når ein samanliknar ulike innvandrargrupper. Levekår og deltaking varierer med landbakgrunn, innvandringsårsak, kjønn, alder, utdanningsbakgrunn og ikkje minst med butid i Noreg.
Arbeidsløysa for innvandrarar som gruppe er om lag tre gonger høgare enn for resten av innbyggjarane, og innvandrarar er i større grad overkvalifiserte for jobbane dei har. Låg sysselsetjing blant kvinner i nokre innvandrargrupper og lågare sysselsetjing blant nykomne flyktningar påverkar dei totale sysselsetjingstala for innvandrarar.
Tal frå SSBs rapport om levekår og kjønnsforskjellar frå 2010 viser at det i dei fleste innvandrargruppene er store levekårsforskjellar mellom menn og kvinner. Menn har oftare røynsle frå yrkeslivet i opphavslandet. Kvinner står i høgare grad enn menn utanfor arbeidslivet i Noreg, har færre norske venner og opplever meir einsemd. Tal frå SSB viser òg at innvandrarar oppfattar helsa som dårlegare enn folk elles. Innvandrarkvinner oppfattar helsa si som dårlegare enn innvandrarmenn.
Rapportar om økonomi og levekår blant låginntektsgrupper viser at innvandrarar og innvandrarfamiliar oftare bur i hushald med lågare inntekt enn innbyggjarane elles. Ein ny studie har kartlagt vedvarande økonomisk fattigdom blant ulike innvandrargrupper, etter kjenneteikn som landbakgrunn, innvandringsårsak og butid i tidsrommet 1993–2007. Også denne studien dokumenterer at innvandrarar er meir utsette for vedvarande økonomisk fattigdom og økonomisk langtidsfattigdom enn innbyggjarane elles.
Utvalet for gjennomgang av opplæringstilbodet for minoritetsspråkelige barn (Østbergutvalet) peiker på at det går bra for mange av dei elevane som har eit anna morsmål enn norsk i det norske opplæringssystemet. Det er mellom anna fleire jenter fødde i Noreg med innvandrarbakgrunn som begynner å studere, enn jenter med norsk bakgrunn. Samstundes finst det utfordringar, særleg for ungdom som kjem til Noreg seint i utdanningsløpet. Det er òg potensial for å auke læringsutbytet i skolen, hindre fråfall frå vidaregåande skole og auke deltakinga blant dei yngste barna i barnehagen. Sluttinnstillinga til utvalet, NOU 2010:7 Mangfold og mestring er sendt på offentleg høyring med høyringsfrist 1. november 2010.
Valdeltakinga for innvandrarar med norsk statsborgarskap er lågare enn deltakinga for innbyggjarane sett under eitt. Av innvandrarane var det 52 prosent som deltok ved stortingsvalet i 2009, mot 76 prosent av innbyggjarane samla sett. Valdeltakinga for personar med innvandrarbakgrunn var marginalt lågare enn ved valet i 2005, da ho var 53 prosent.
Desse variasjonane og nyansane i biletet er sentrale for å forstå korleis det går med integreringa i Noreg i dag, og dei må takast med i utforminga av politikken og verkemidla framover. Det må systematisk samlast inn kunnskap som kan danne grunnlag for politikkutvikling og forvalting. Ein opplyst, levande og open debatt fremmar inkludering og bidreg òg til ein treffsikker politikk på området.
Mål
For 2011 blir desse måla prioriterte:
Hovudmål | Delmål |
---|---|
2. Like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv | 2.1 Rask busetjing til kommunane |
2.2 God opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | |
2.3 Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram | |
2.4 Kjennskap til og oppslutning om lover og grunnleggjande rettar og plikter | |
2.5 Høgare sysselsetjing blant innvandrarar | |
2.6 Høg deltaking i samfunnslivet blant innvandrarar og barna deira | |
2.7 God kunnskap om integrerings- og inkluderingspolitikken blant innbyggjarane | |
2.8 Offentlege tenester som er tilpassa mangfaldet blant innbyggjarane |
Resultatrapport og strategiar
Delmål 2.1: Rask busetjing til kommunane
Resultatrapport 2009/2010
I 2010 er det behov for å busetje om lag 6 500 flyktningar i norske kommunar. Talet inkluderer personar som blir busette frå mottak og omsorgssenter og overføringsflyktningar som blir busette når dei kjem til landet. I tillegg reknar ein med at det vil kome om lag 1 800 familiesameinte desse gruppenetil i kommunane. I 2010 er det behov for å busetje 770 einslege mindreårige frå mottak og omsorgssenter.
Den 31. juli 2010 hadde kommunane busett 2 588 personar. Den gjennomsnittlege ventetida frå vedtak om opphald til busetjing for dei som blei busette i dei sju første månadene, var 5,9 månader. Overføringsflyktningar blir busette innan 6 månader etter at dei har fått innreiseløyve. Den 31. juli 2010 venta 2 088 personar i mottak på å bli busette. Dette var om lag like mange som på same tid i 2009.
Den 31. juli 2010 hadde kommunane busett 203 einslege mindreårige under 18 år frå mottak og omsorgssenter. Av desse blei 17 prosent busette innan tre månader etter at dei fekk vedtak om opphald. Einslege mindreårige som er busette frå mottak og omsorgssenter, hadde i gjennomsnitt venta på å bli busette i ein kommune i 6,1 månader etter vedtak om opphald. Dette er ein auke på 0,6 frå 31. juli 2009, da den gjennomsnittlege ventetida var 5,5 månader.
Tabellen viser gjennomsnittleg ventetid på busetjing frå mottak i månader.
Per 31.12.2008 | Per 31.12.2009 | Per 31.07.2010 | |
---|---|---|---|
Frå vedtak til busettingbusetjing | 5,9 | 5,3 | 5,9 |
Frå saksoppretting til busettingbusetjing | 25,3 | 14,3 | 16,0 |
Tabellen viser talet på busette flyktningar i kommunane og familiesameinte med desse.
Busetjingsår | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | Per 31.07.2010 |
---|---|---|---|---|---|
Flyktningar | 2 686 | 2 668 | 3 597 | 4 622 | 2 0843 |
Overføringsflyktningar 1 | 994 | 1 109 | 743 | 1 387 | 484 |
Familiesameinte 2 | 1 212 | 954 | 1 260 | 1 425 | 490 |
Sum | 4 892 | 4 731 | 5 600 | 7 434 | 3 058 |
Einslege mindreårige av desse | 145 | 148 | 207 | 606 | 208 |
1 Personar som har kome til landet. Fem personar er einslege mindreårige.
2 Personar som kommunane får integreringstilskot for. Søknad må vere innlevert i integreringstilskotsperioden til den ein søkjer om familiesameining med.
3 Talet på busette på 2 588 omfattar 2 084 flyktningar og 484 overføringsflyktningar, i tillegg til 20 sameinte personar som har vore i mottak før busetjing.
Tala i tabellen er baserte på årsrapporten til IMDi. Etterregistreringar er ikkje tekne med.
Strategiar og tiltak for 2011
Den sterke auken i behovet for å busetje flyktningar har ført til at eksisterande busetjingskommunar må ta imot fleire flyktningar. Det har i tillegg vore nødvendig å be fleire kommunar om å busetje flyktningar. Sjølv om det no kjem færre asylsøkjarar til landet, vil behovet for busetjing vere stort også neste år. I 2011 er det behov for at kommunane buset 5 100 flyktningar (frå mottak og omsorgssenter og overføringsflyktningar). I tillegg må kommunane ta imot 1 800 familiesameinte. Busetjing av einslege, mindreårige vil vere ei særleg utfordring. I 2008 blei det busett 207, og i 2009 blei det busett 606. I 2011 er det behov for å busetje om lag 730 einslege mindreårige frå mottak og omsorgssenter.
Det er særleg viktig at dei mange einslege mindreårige under 18 år som ventar i mottak, kan bli busette i ein kommune så raskt som mogleg. I tillegg er det viktig at kommunane får støtte og hjelp til å utvikle kvaliteten på introduksjonsprogrammet og norskopplæringa. Det skal sikre at dei som tek del i introduksjonsprogrammet, kjem raskt over i arbeid eller vidare utdanning og kvalifisering. Kommunane treng òg nødvendig informasjon og støtte til å etablere og utvikle passande bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige. IMDi og Bufdir vil samarbeide vidare for å hjelpe kommunane med dette.
Arbeidet med busetjing av flyktningar blir regulert gjennom ei samarbeidsavtale mellom staten ved BLD, Justis- og politidepartementet og kommunane ved KS. Avtala skal sikre rask, god og stabil busetjing i tråd med busetjingsbehovet.
Nasjonalt utval for mottak og busetjing av flyktningar slår fast det samla behovet for kommuneplassar til busetjing i det kommande året og fordeler kommuneplassane på det enkelte fylket. Utvalet drøftar òg tiltak som skal sikre best mogleg måloppnåing i mottaks- og busetjingsarbeidet. Utvalet har fem representantar for staten og fem for kommunesektoren. IMDi er sekretariat for utvalet.
Gjennom Husbanken får kommunane tilbod om økonomiske verkemiddel som kan nyttast til bustader for flyktningar. Kommunane kan få lån og tilskot til etablering av kommunale utleigebustader, og alle som tek del i introduksjonsprogrammet kan søkje bustøtte. Husbanken er representert i Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar og samarbeider med IMDi, Utlendingsdirektoratet (UDI), fylkesmennene og KS om informasjon og tiltak for å styrkje kompetansen i kommunane på dei verkemidla Husbanken har.
Integreringstilskotet skal dekkje dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar det året dei blir busett og dei fire neste åra. Saman med tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap er det det viktigaste verkemiddelet for å få busett alle som får opphald.
Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å auke busetjinga av flyktingar i dei siste åra. Viktigast har det vore å styrkje IMDi og å auke integreringstilskotet og tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Som eit ledd i å få fleire kommunar til å busetje einslege mindreårige, blei det i revidert nasjonalbudsjett for 2010 løyvt midlar til å auke integreringstilskotet til kommunane med 20 000 kroner per einslege mindreårig som blir busett der i 2010.
Regjeringa vil leggje til rette for rask busetjing til kommunane. I 2011 foreslår regjeringa derfor følgjande heilskapeleg satsing på busetjingsområdet:
Endring av integreringstilskotet for å stimulere til raskare busetjing av einslege vaksne og einslege mindreårige flyktningar.
Barn som blir født inntil 6 månader etter at mor er busett i ein kommune vil være omfatta av målgruppa for integreringstilskot.
Styrking av Husbankens bustadtilskot for ytterlegare å auke tilgangen på utleigebustadar til flyktningar, jf. Prop. 1 S (2010-2011) for Kommunal- og regionaldepartementet.
Forprosjekt for nye IKT-løysingar for eit effektivt busetjings- og tilskotsforvaltningssystem.
Delmål 2.2: God opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Resultatrapport 2009/2010
Norskkunnskapar og deltaking i arbeidslivet er ein nøkkel til inkludering. Målet for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap er at vaksne innvandrarar så snart som mogleg skal lære norsk slik at dei kan ta del i yrkes- og samfunnslivet. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar blir regulert av introduksjonslova (lov av 4. juli 2003 nr. 80 om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrarar). Opphaldsgrunnlaget og alderen til innvandraren avgjer kva for rettar og plikter ho eller han har til norskopplæring. Tabellen under viser kva for rettar og plikter dei ulike gruppene har.
Personkrins1 | Rett | Plikt | Gratis | Omfang |
---|---|---|---|---|
1) Personar som har fått asyl, personar med opphald på humanitært grunnlag og familiesameinte med desse gruppene og dei med kollektivt vern, 16–55 år. | x | x | x | 300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). Ved behov opp til 2700 norsktimar i tillegg. |
2) Familiesameinte med norske og nordiske borgarar busett i Noreg, 16–55 år. | x | x | x | 300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). Ved behov opp til 2700 norsktimar i tillegg. |
3) Personar frå gruppe 1) eller 2) i alderen 55–67 år. | x | x | 300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). Ved behov opp til 2700 norsktimar i tillegg. | |
4) Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS- /EFTA-regelverket, 16–55 år. | x | 300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap). |
1 Gjeld personar som har fått løyve etter 1. september 2005 som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve etter utlendingslova.
Det er eit mål at personar med rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap startar raskt i opplæringa. Av dei som fekk opphald i første halvår av 2009, hadde 80 prosent starta opplæringa halvåret etter, og 85 prosent det neste halvåret.
Rett til 300 timar gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap gjeld dei tre første åra i Noreg. Totalt var det 8 130 personar som hadde rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i 2006. Av dei hadde 62 prosent gjennomført 300 timar opplæring ved utgangen av 2010. 56,6 prosent hadde gjennomført 300 timar opplæring innan tre år. Kvinner gjennomførte opplæringa i noko høgare grad enn menn. Tala er baserte på registreringar i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR).
Det er viktig at kommunane gir informasjon om opplæringa til dei som har rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnkunnskap. IMDi har kartlagt korleis kommunane informerer. Av dei 295 kommunane som svarte, var det 94 prosent som informerte. IMDi har òg utforma ei annonseringsløysing på 16 språk som kommunane kan laste ned gratis frå internettet.
Deltakarar i norskopplæringa kan gå opp til ei avsluttande prøve i norsk. Det finst to nasjonale avsluttande prøver som måler kunnskapar i norsk på forskjellige nivå, Norskprøve 2 og 3. Norskprøve 3 prøver kunnskapar på eit høgare nivå enn Norskprøve 2. Tabellen under viser dei samla prøveresultata dei siste tre åra.
Norskprøve 2 og 3 | Munnleg del | Skriftleg del | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Talet på møtte | Talet på beståtte | Beståtte i prosent | Mål i prosent | Talet på møtte | Talet på beståtte | Beståtte i prosent | Mål i prosent | |
2009 | 11461 | 10108 | 88,2 | 95 | 11791 | 7029 | 59,6 | 60 |
2008 | 9039 | 8032 | 88,8 | 9179 | 4780 | 52,0 | ||
2007 | 6907 | 6370 | 92,2 | 7194 | 3555 | 49,4 |
Tabellen viser at stadig fleire har gått opp til norskprøvene dei siste åra. Fleire står på dei skriftlege prøvene, og i 2009 var det ein auke på 7,6 prosentpoeng frå året før. Det var omtrent like stor del som sto på den munnlege prøva i 2009 som året før.
Deltakarar med lita eller inga utdanning går i mindre grad opp til avsluttande prøve enn andre. Årsaka kan vere at dei ikkje når det dugleiksnivået som prøvene måler. Kvinner har noko betre resultat på prøvene, særleg på dei skriftlege prøvene. I 2009 besto 62,5 prosent av kvinnene og 54,6 prosent av mennene skriftlig, og til munnleg besto 88,4 prosent av kvinnene og 87,8 prosent av mennene.
Vox har fått delegert ansvaret for læreplan, norskprøver, læremiddelutvikling og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. For å heve kvaliteten på opplæringa i norsk og samfunnskunnskap gjennomførte IMDi og Vox i 2009 etterutdanningskurs for lærarar, fagdagar og leiarsamlingar med til saman rundt 3 400 deltakarar. Vox har gjort avtale med Universitetet i Bergen om å tilby vidareutdanning (fjernundervisning) i norsk som andrespråk retta mot lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk, frå hausten 2010. Det er grunn til å tru at slik etter- og vidareutdanning medverkar til at resultata blir betre.
Kommunane skal tilby opplæring i samfunnskunnskap på eit språk deltakaren forstår. Dette kravet har vist seg å vere vanskeleg å oppfylle for mange kommunar. For å støtte kommunane i implementeringa har Vox utvikla ein database over tospråklege lærarar som kan undervise i samfunnskunnskap. Databasen inneheld òg ei oversikt over kurs i samfunnskunnskap som kommunane kan kjøpe frå andre kommunar. Det er gitt støtte til videokonferansar med deltakarar frå ulike opplæringsstader.
Vox har på oppdrag frå departementet etablert ei godkjenningsordning for private tilbydarar av opplæring for å sikre forsvarleg kvalitet på opplæringa. Godkjenningsordninga vil også vere ei støtte for innvandrarar som sjølve skal betale for opplæringa, og som kan velje mellom tilbydarar.
Asylsøkjarar over 16 år som bur på mottak, kan få inntil 250 timar norskopplæring. Av dei som kom i 2008, har 66 prosent delteke i norskopplæring, og av dei som kom i 2009, har 74 prosent delteke. Om lag 90 prosent gjennomfører mindre enn 250 timar.
Gode økonomiske rammevilkår for kommunane er viktig for å sikre eit godt opplæringstilbod. Inntil 2010 blei tilskotet fordelt over fem år. Bakgrunnen for det er at kommunane har plikt til å tilby opplæring i inntil fem år frå den enkelte har fått opphalds- eller arbeidsløyve første gong. Tilbakemeldinga frå kommunane viser at dei fleste gjennomfører opplæringa dei første to–tre åra i Noreg, og det er da kommunane har utgiftene. I samsvar med dette blei det i 2010 innført utbetaling over tre år. Tilskotsordninga er omtalt under kap. 822, post 60.
Personar over 16 år som har fått løyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve etter utlendingslova før 1. september 2005, har gjennom overgangsordninga fått høve til gratis norskopplæring dersom dei ikkje har teke ut dei timane dei treng for å lære norsk. Overgangsordninga tok slutt 1. september 2010.
Strategiar og tiltak
Gode norskkunnskapar og ein grunnleggjande kjennskap til det norske samfunnet er ein føresetnad for å kunne skaffe seg arbeid og utdanning. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap er derfor eit sentralt integreringstiltak, og introduksjonslova gir innvandrarar rett og/eller plikt til slik opplæring. Det har dei siste åra vore stor merksemd kring resultata i norskopplæringa, og departementet har sett søkjelyset på god kvalitet, høg deltaking, god gjennomføring og betre resultat på avsluttande prøver, mellom anna gjennom etter- og vidareutdanning av lærarar, rektorsamlingar og utvikling av læremiddel.
For å leggje enda betre til rette for at innvandrarar skal lære norsk, føreslo departementet i eit høyringsbrev i juni 2009 mellom anna å utvide retten og plikta til opplæring frå 300 til 600 timar. I det same høyringsbrevet er det føreslått at alle som er omfatta av rett og plikt til opplæring, skal avslutte opplæringa med ei prøve. I dag er dette frivillig. Det er viktig for samfunnet og den enkelte at kunnskapar i norsk blir dokumenterte. Departementet tek sikte på å leggje fram forslag til endringar i introduksjonslova som utvikling av obligatoriske avsluttande prøver og utviding av personkrinsen for introduksjonsprogrammet. Departementet vurderer òg eit forslag om at dei innvandrarane som i dag har rett og plikt til norskopplæring får utvida timeramma.
Asylsøkjarar i ordinære mottak får tilbod om inntil 250 timar norskopplæring. Tilbodet gjeld ikkje asylsøkjarar over 18 år som er omfatta av Dublin-prosedyren. Dei som får opphaldsløyve, vil raskare kunne delta i yrkes- og samfunnslivet når dei allereie kan noko norsk. Asylsøkjarar som kan noko norsk, vil også lettare kunne kommunisere med andre i lokalmiljøet, og opplæringa kan bidra til å betre dei psykososiale tilhøva i asylmottaka. Ein vil vurdere fortløpande korleis ein gjennom tilrettelegging og informasjon kan medverke til at fleire asylsøkjarar tek norskopplæring.
Delmål 2.3: Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram
Resultatrapport 2009/2010
Introduksjonsordninga skal gi deltakarane eit individuelt kvalifiseringstilbod som skal bidra til rask overgang til arbeid eller vidare utdanning. Introduksjonslova gir nykomne innvandrarar mellom 18 og 55 år både rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram om dei har behov for grunnleggjande kvalifisering. Personkrinsen for rett og plikt til introduksjonsprogram består av personar som har fått asyl, kollektivt vern i massefluktsituasjon, er overføringsflyktningar eller har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter søknad om asyl. I tillegg kjem familiemedlemmer til personar i desse gruppene.
På oppdrag frå departementet utarbeider SSB kvart år ein monitor for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Tala viser at 63 prosent av dei som gjekk ut av introduksjonsordninga i 2007, var sysselsette eller under utdanning i november 2008. Delen for menn var 75 prosent, medan delen for kvinner var 51 prosent. 13 prosent var registrerte arbeidsledige eller på tiltak.
Kjønn og landbakgrunn har mykje å seie for resultata i introduksjonsprogrammet. Til dømes viser tala frå SSB at av menn frå Afghanistan går 81 prosent over til ordinært arbeid eller utdanning etter introduksjonsprogrammet. Tilsvarande resultat for kvinner frå Somalia er 34 prosent. Resultata varierer også mellom ulike kommunar.
Innvandrarane si tilknyting til arbeidsmarknaden blir sterkare med auka butid. Det gjeld også tidlegare deltakarar i introduksjonsprogrammet, særleg kvinner. Av kvinnene som var ferdige med programmet i 2005, var 43 prosent i arbeid og/eller utdanning i november 2006, og talet auka til 57 prosent i november 2008. Mennene har ikkje hatt ei tilsvarande positiv utvikling, men dei hadde høgare deltaking like etter at dei var ferdige med programmet.
Resultata i introduksjonsordninga er gode, sett på bakgrunn av at sysselsetjinga i Noreg var på ca. 72 prosent på tidspunktet for rapporteringa og sysselsetjinga blant innvandrarar i Noreg var på ca. 64 prosent. Undersøkingar frå IMDi indikerer likevel at resultata er i negativ utvikling. Det er derfor viktig å følgje utviklinga tett framover, og IMDi vil få analysert årsaker til at resultata ser ut til å bli dårlegare.
For å redusere fråværet til mor, for å gi far høve til å ta ein større del av samværet med barnet i det første leveåret, og for å ha ei ordning som samsvarer mest mogleg med det andre fedrar har, har departementet innført fedrekvote i omsorgspermisjonen for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Kvota er innført for fedrar med barn som er fødde eller adopterte etter 1. september 2010.
I 2009 deltok 10 000 personar i introduksjonsprogrammet, ein auke på 15 prosent frå året før. SSB skal publisere nye tal for overgang til arbeid og utdanning i november 2010.
Strategiar og tiltak
Det er viktig å vidareføre dei gode resultata i introduksjonsordninga. Introduksjonsprogram er eit av dei sentrale integreringstiltaka for nykomne innvandrarar, og kvaliteten skal vere best mogleg. Tal frå SSB viser at kvinner i mindre grad enn menn kjem ut i arbeid eller utdanning etter at dei har avslutta introduksjonsprogrammet. Det blir sett i gang eit prosjekt som undersøkjer kvifor enkelte grupper av kvinner i liten grad kjem i arbeid eller utdanning etter at dei er ferdige med programmet. Undersøkinga skal gi meir kunnskap om kvalifiseringa til kvinner frå utvalde land, om lokale føresetnader for god måloppnåing i eit utval kommunar, og om erfaringar i kommunane om kva som fremmar og hemmar progresjonen til kvinnene i programmet og overgangen deira til arbeid eller utdanning. Det er også sett i gang eit prosjekt som skal analysere resultata i 2009. I samarbeid med NAV skal eit anna prosjekt kartleggje og førebu ein analyse av kommunar som har organisert forvaltinga av introduksjonsordninga i NAV.
I samband med høyringa i 2009 om endringar i introduksjonslova, gjorde ein òg framlegg om mellom anna å utvide personkrinsen for kven som har rett og plikt til å ta del i introduksjonsordninga. Departementet tek sikte på å leggje fram ein proposisjon med framlegg om endringar i introduksjonslova.
Delmål 2.4: Kjennskap til og oppslutning om lover og grunnleggjande rettar og plikter
Resultatrapport 2009/2010
Ordninga med frivillig statsborgarseremoni blei innført i samband med at ny lov om statsborgarskap tok til å gjelde frå september 2006. Seremonideltakarar får boka Velkomen som ny statsborgar. Under seremonien gir deltakarar over 18 år eit truskapsløfte. Ansvaret for å arrangere seremoniane er lagt til fylkesmannsembeta. IMDi har ansvar for å gi råd til fylkesmennene.
Målet for 2009 var at fleire skulle delta i seremonien. Etter tre år med statsborgarseremoniar med frivillig deltaking har det vore ein viss årleg auke i kor mange som deltek, frå 20 prosent i 2007 til 22 prosent i 2009.
Det er til saman gjennomført 25 seremoniar i alle fylka i 2009. Samla har ca. 5 000 nye statsborgarar teke del i statsborgarseremoniane sidan ordninga starta.
Om lag halvdelen av dei 10 846 nye norske statsborgarane i 2009 kom opphavleg på grunn av familieinnvandring, medan ein tredel kom som asylsøkjarar. Personar frå Somalia, Irak og Afghanistan var dei største gruppene i 2009.
Dokumentasjon av identitet er framleis ei utfordring i statsborgarsakene. Dette gjeld mange flyktningar og personar frå land utan ein sentral administrasjon. Dei kan like fullt bli norske statsborgarar dersom det ikkje er grunn til å tvile på opplysningane som er gitt. Der søkjaren gir motstridande opplysningar om eigen identitet, kan ein ikkje gi norsk statsborgarskap.
Det er eit mål at valdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn skal vere den same som for gjennomsnittet i befolkninga. IMDi har, med finansiering frå Kommunal- og regionaldepartementet, i samarbeid med KIM, frivillige organisasjonar og politiske parti, gjennomført ei rekkje informasjons- og mobiliseringstiltak for å auke valdeltakinga.
Ved stortingsvalet i 2009 låg valdeltakinga for innbyggjarane sett under eitt på 76 prosent, medan ho låg på 52 prosent for personar med innvandrarbakgrunn. Deltakinga blant innvandrarar har gått marginalt ned samanlikna med vala i 2001 og 2005 (53 prosent).
Valdeltakinga blant innvandrarar har stor samanheng med kor lenge dei har budd i landet. Dei med lengst butid har høgast valdeltaking. Både blant innvandrarar og innbyggjarane elles aukar valdeltakinga med alder. Noko av forskjellen i valdeltaking mellom innvandrarar og gjennomsnittet for befolkninga kan derfor forklarast med ulik alderssamansetjing.
Sidan 2007 har Universitetet i Oslo på oppdrag frå departementet halde kurset Å vere religiøs leiar i Noreg. Det er gjennomført éi kursrekkje, og den andre blir avslutta hausten 2010. Det har vore om lag 20 deltakarar på kvart kurs, og dei har kome frå forskjellige trussamfunn. Alle har hatt utanlandsk bakgrunn, og dei fleste har vore muslimar og kristne.
Handlingsplanen mot kjønnslemlesting(2008–2011) og Handlingsplan mot tvangsekteskap(2008–2011) har som mål å motverke kjønnslemslesting og tvangsekteskap. Handlingsplanane omfattar seks departement, og BLD koordinerer arbeidet. Det er i stor grad underliggjande etatar som er ansvarlege for gjennomføringa av tiltaka. Halvårsrapportane viser at tiltaka i planen i stor grad blir gjennomførte som planlagt.
Handlingsplanen mot kjønnslemlesting (2008–2011)
Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk (NKVTS) stress fyller ein nasjonal kompetansefunksjon i arbeidet mot kjønnslemlesting. NKVTS har utvikla eit program for forsking om kjønnslemlesting i Noreg.
I sommarhalvåret aukar reiseaktiviteten til område som praktiserer kjønnslemlesting, og derfor er det viktig å styrkje informasjonsarbeidet før sommarferien. Kommunane Bergen, Trondheim og Tromsø og Bjerke bydel i Oslo fekk tildelt midlar til dette i 2009. Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) drifta informasjonstelefon i 2007 og Raudekrossen i 2008. I 2009 fekk Raudekrossen i oppdrag å drive informasjonstelefonen på heilårsbasis ut 2011. Tenesta er ein del av Raudekrossen si telefonteneste for tvangsekteskap, som no heiter Raudekross-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting.
Det er etablert ei eiga tilskotsordning til frivillige organisasjonar sitt førebyggjande arbeid mot kjønnslemlesting i planperioden 2008–2011. Det blei tildelt midlar til 16 prosjekt i 2009.
Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008–2011)
IMDi har tilsett 30 minoritetsrådgivarar som skal hjelpe ungdom som blir utsette for press og tvang i samband med ekteskapsinngåing. Dei skal òg bidra til å heve kompetansen om tvangsekteskap og relaterte tema på vidaregåande skolar, jf. tiltak 4 i handlingsplanen. IMDi har òg tilsett seks integreringsrådgivarar for å bidra til å styrkje handsaminga av familiesaker og auke kompetansen om tvangsekteskap ved aktuelle utanriksstasjonar, jf. tiltak 31 i handlingsplanen. I 2009 arbeidde minoritets- og integreringsrådgivarane med til saman 438 sakar som omhandla problematikk knytt til tvangsekteskap, vald og ekstrem kontroll.
Kompetanseteam mot tvangsekteskap gir førstelinjetenesta råd og rettleiing i konkrete saker. Kompetanseteamet arbeidde med 276 saker i 2009. Talet på saker til minoritets- og integreringsrådgivarane og Kompetanseteam mot tvangsekteskap tyder på at tiltaka i handlingsplanen møter eit behov. Kompetanseteamet har ansvar for å tildele plassar i det nasjonale butilbodet for unge over 18 år som er utsette for tvangsekteskap eller truslar om tvangsgifte, jf. tiltak 27 i handlingsplanen. Kompetanseteamet tek òg hand om ordninga med refusjon av utanriksstasjonane sine utgifter til heimsending der ungdom er blitt utsette for freistnader på tvangsgifte eller kjønnslemlesting i opphavslandet.
Bufdir har fått i oppdrag å utvikle butilbod til ungdom som er utsette for tvangsekteskap, deriblant par og unge gutar. Kommunane og frivillige organisasjonar har sentrale oppgåver her. Dei krisebustadene som dei frivillige organisasjonane tidlegare har disponert, vil i 2010 bli innlemma i det offentlege tilbodet.
IMDi gav i 2009 støtte til 22 frivillige organisasjonar som driv førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap. Midlar blei fordelte på 23 prosjekt, av dette var eitt i Nord-Irak og to i Pakistan. 14 prosjekt blei førte vidare frå 2008. Så langt i 2010 har 23 organisasjonar fått støtte til 24 prosjekt.
Det går føre seg arbeid med kunnskapsutvikling, metodeutvikling og kompetanseheving. Brobyggerprosjektet ved Aker familievernkontor har kunnskap om og erfaring med arbeidet mot tvangsekteskap. Kunnskapen i dette prosjektet og i andre kommunar vil danne grunnlag for kompetansehevinga framover.
Kompetanseheving for resten av tenesteapparatet skjer mellom anna gjennom dei regionale nettverkssamlingane om tvangsekteskap og kjønnslemlesting i regi av Bufetat.
Bufdir har, i samarbeid med Institutt for samfunnsforsking (ISF), gjennomført eit prosjekt om å utvikle metodar for å arbeide med familien til unge som har brote med eller blir utstøytte frå familien. Målet har vore å samle og systematisere erfaringar for å kunne identifisere utfordringar, dilemma og moglege framgangsmåtar i denne typen arbeid.
Drammen kommune sitt tverrfaglege og tverretatlege pilotprosjekt om arbeidet mot æresrelatert vald, medrekna tvangsekteskap, blei avslutta i september 2010. Stavanger kommune har fått støtte til å starte arbeidet med å etablere eit nettverk mot tvangsekteskap i kommunen. IMDi har fått i oppdrag å utvikle ein modell for formidling av erfaringar frå prosjektet i Drammen. De har òg fått ansvar for den faglige oppfølginga av prosjektet i Stavanger.
Vox har utarbeidd ei lærarrettleiing og elevbok om temaa tvangsekteskap, kjønnslemlesting og vald i nære relasjonar. Ho kan nyttast i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for nykomne innvandrarar.
ISF evaluerer følgjene av handlingsplanen mot tvangsekteskap. Den første delrapporten kom i juni 2009 og den andre i juni 2010. Rapporten viser at fleire av tiltaka i planen har ein effekt. Rapporten kan lastast ned frå tvangsekteskap.no.
Strategiar og tiltak
Gjennom statsborgarseremonien skal ein sikre ei høgtidleg og verdig markering av overgangen til norsk statsborgarskap. Seremonien skal markere at nye statsborgarar sluttar seg til dei grunnleggjande verdiane som statsborgarskapet kviler på, med like rettar og plikter. Seremonien vil også gi lokalsamfunnet og storsamfunnet høve til å ønskje nye statsborgarar velkomne. Det er eit mål at deltakinga i statsborgarseremonien skal auke.
IMDi har ein rettleiarfunksjon, medan midlar til å arrangere seremoniane går inn i fylkesmannsembeta sine årlege tildelingar frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
Det er ønskeleg at personar som er fast busette i landet kjenner ei tilknyting til Noreg og kjenner seg inkluderte i samfunnet. Sambandet mellom integrering og statsborgarskap er noko ein framleis vil leggje stor vekt på. I løpet av hausten 2010 vil det liggje føre ei utgreiing om sambandet mellom reglane om statsborgarskap og ulike sider ved integreringa. Rapporten vil vere ein del av grunnlaget for det vidare arbeidet. Samstundes er det viktig at identiteten til dei som blir norske statsborgarar er klarlagt i størst mogleg grad.
Erfaringane frå dei gjennomførte tiltaka for å auke valdeltakinga blant innvandrarar vil liggje til grunn for arbeidet med å betre valdeltakinga ved kommune- og fylkestingsvalet i 2011.
Det er viktig at leiarar med innvandrarbakgrunn i trussamfunn har kunnskap om det norske samfunnet og innsikt i dei grunnleggjande verdiane det norske samfunnet byggjer på, og at dei har tenkt over kva det vil seie å vere leiar i eit trussamfunn i Noreg. Kurset Å vere religiøs leiar i Noreg vil derfor bli vidareført.
Gjennom handlingsplanane mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap har ein styrkt forankringa av dette arbeidet i offentlege etatar og organ som skal førebyggje og sikre den enkelte vern mot tvangsgifte og kjønnslemlesting. I planperioden (2008–2011) vil ein arbeide med å utvikle gode system og god kompetanse i tenesteapparatet for å sørgje for at dei som står i fare for å bli utsette for slike overgrep, får informasjon og oppfølging. På bakgrunn av evalueringane av effektar vil ein vurdere å vidareføre tiltaka.
Delmål 2.5: Høgare sysselsetjing blant innvandrarar
Resultatrapport 2009/2010
Delen innvandrarar som var sysselsette, gjekk ned frå 64,2 prosent i 4. kvartal av 2008 til 61,7 prosent i 4. kvartal av 2009. I heile befolkninga gjekk han ned frå 71,6 til 69,7 prosent i det same tidsrommet. Trass i ein redusert prosentdel sysselsette hadde innvandrargruppa likevel ein vekst i talet på sysselsette på 10 100 personar. I befolkninga totalt ser vi derimot ein nedgang på 28 000. Når sysselsetjingsprosenten likevel har gått ned også blant innvandrarar, er det på grunn av ein relativt stor vekst i befolkningsgrunnlaget som følgje av auka innvandring.
Høgast var sysselsetjinga blant dei nordiske innvandrarane med 74,6 prosent. Dernest kom dei frå Vest-Europa elles med 71,7 prosent og dei frå EU-landa i Aust-Europa med 70,6 prosent. For innvandrargruppene elles var sysselsetjingsprosentane slik: Nord-Amerika og Oseania 64,7 prosent, Sør- og Mellom-Amerika 62,8 prosent, Aust-Europa utanom EU 61 prosent, Asia 53,9 prosent og Afrika 45,3 prosent. Den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar gjekk opp frå 6,5 prosent i februar 2009 til 7,9 prosent i februar 2010. I resten av folket gjekk den registrerte arbeidsløysa opp frå 2,1 til 2,5 prosent. Innvandrarar frå Afrika og EU-land i Aust-Europa hadde den høgste arbeidsløysa med respektive 13,7 og 10,9 prosent. Arbeidsløysa blant innvandrarar frå Asia, Sør- og Mellom-Amerika og Aust-Europa utanom EU ligg rundt gjennomsnittet for innvandrarar; på 7,9 prosent. Arbeidsløysa blant innvandrarar frå Vest-Europa ligg på 4,3 prosent. Blant innvandrarar frå Norden er arbeidsløysa 3,5 prosent.
I alt var 21 822 personar registrerte som deltakarar på arbeidsmarknadstiltak i 1. kvartal av 2010, og 38 prosent av dei var innvandrarar. Av innvandrarane som deltok på arbeidsmarknadstiltak hadde 65 prosent bakgrunn frå Asia eller Afrika.
Det er eit mål at delen av personar med innvandrarbakgrunn som er tilsette i staten, skal auke. Innan statsforvaltinga er det innført ei ordning med at minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn skal kallast inn til intervju dersom han eller ho er kvalifisert for stillinga. Ei kartlegging som Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet gjorde i 2008, syner at 33 prosent av dei med innvandrarbakgrunn som blei kalla inn til intervju, blei tilsett i stillinga.
I 2008 starta eit toårig forsøk med moderat kvotering av personar med innvandrarbakgrunn i stillingar i 12 statlege verksemder. Sluttevalueringa syner at høvet til å kvotere i lita grad er nytta, og er dårleg implementert i nokre av verksemdene. Det kan sjå ut som om to år er for lite til å implementere og sjå effekten av tiltaket. Samstundes viser evalueringa at tiltaket har skapt auka merksemd og medvit kring rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet vurderer korleis forsøket skal følgjast opp.
Sidan 2006 har arbeids- og inkluderingsministeren, no barne-, likestillings- og inkluderingsministeren, halde årlege møte med leiarane i dei statleg heileigde verksemdene for å diskutere korleis talet på tilsette med innvandrarbakgrunn kan aukast. Verksemdene er mellom anna blitt oppfordra til å auke talet på leiarar med innvandrarbakgrunn og til å motverke at innvandrarar fell først ut i samband med nedbemanning. IMDi følgjer opp verksemdene mellom møta og lager statusrapport for arbeidet.
Mangfaldsløft er eitt av fleire tiltak som ei partssamansett arbeidsgruppe gjorde forslag om i 2009 for å auke rekrutteringa av innvandrarar til arbeidslivet. For å sikre auka rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn er det utvikla lokale samarbeidsprosjekt i Fredrikstad, Skien og Søndre Nordstrand i Oslo med deltakarar frå kommunane, NAV-kontor og partane i arbeidslivet. Følgjene av tiltaket blir evaluerte. Resultata frå prosjektet vil bli omtalt i neste års budsjettproposisjon.
Mangfoldsportalen.no blei lansert i mars 2009, i samarbeid med partane i arbeidslivet. Portalen rettar seg mot arbeidsgivarar, tillitsvalde og ansvarlege for opplæring og HR i verksemder i offentleg og privat sektor. Han gir informasjon og rettleiing om rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn og mangfaldsarbeid. IMDi er ansvarleg for portalen.
Ny sjanse prøver ut eit kvalifiseringsprogram, etter den same modellen som introduksjonsprogrammet, for innvandrarar som har teke imot sosialhjelp i fleire år fordi dei manglar tilknyting til arbeidslivet. Målgruppa er innvandrarar frå landgrupper med låg sysselsetjing eller høg arbeidsløyse, innvandrarkvinner som er heime med barn, og som ikkje får sosialhjelp, arbeidslause innvandrarungdom mellom 18 og 25 år som er avhengige av sosialhjelp, og langtidsledige innvandrarar som får sosialhjelp.
Resultatrapporten frå IMDi for 2009 viser at 626 personar frå 60 land tok del i Ny sjanse i 2009. Meir enn 50 prosent hadde bakgrunn frå Somalia (40 prosent) eller Irak (17 prosent). Den tredje største gruppa hadde bakgrunn frå Pakistan (10 prosent). Av dei var 71 prosent kvinner. I snitt gjekk 42 prosent av alle deltakarane i 2009 til arbeid eller utdanning (40 prosent av kvinnene og 46 prosent av mennene). Resultata held seg på eit stabilt og høgt nivå. Frå starten i 2005 og fram til 2009 gjekk totalt 43 prosent av deltakarane over til arbeid eller utdanning.
Kvart år har det vore ein forholdsvis stor del som har avbrote deltakinga i prosjekta. I perioden 2005–2007 var delen 47 prosent, 42 prosent i 2008 og 32 prosent i 2009. Det er ei klar positiv utvikling, og årsaka er at ein har jobba særskilt for å hindre at deltakarane avbryt kvalifiseringa. Grunnane til at kvar tredje avbryt varierer, det kan mellom anna vere samansette helseproblem eller at dei ikkje kan ta del i eit program på heiltid. Ny sjanse er òg omtalt under kap. 821, post 62.
Gründerverksemd blant innvandrarar er eit positivt bidrag til verdiskapinga i samfunnet. Erfaringar frå forsøksverksemda tyder på at innvandrarar kan ha særlege utfordringar når dei skal etablere eiga bedrift fordi dei har vanskar med å få lån og manglande kjennskap til norske rutinar og prosessar. Det er få målretta tilbod om rettleiing for etablerarar som tek omsyn til dei særlege behova denne gruppa har. For å få meir kunnskap om tilrettelegging blei det i 2010 gitt økonomisk støtte til Norsk senter for fleirkulturell verdiskaping (NSVF) i Drammen. NSVF tilbyr etablerarkurs, rettleiing og nettverksbygging. I 2010 fekk IMDi i oppgåve å leie ei arbeidsgruppe for å greie ut behov for tiltak, under det ei permanent ordning som kan leggje til rette for at innvandrarar lettare kan etablere bedrift.
Ei kartlegging har gitt betre oversikt over godkjenningsordningane for lovregulerte yrke, og eit betre grunnlag for å vurdere om det er behov for tiltak for å unngå at desse ordningane skaper utilsikta hindringar for innpass på arbeidsmarknaden for innvandrarar.
Det er viktig at arbeidsinnvandrarar som har busett seg i landet, får same høve til å ta del i yrkes- og samfunnslivet som resten av folket. Startpakka Ny i Norge for arbeidsinnvandrarar om nøkkelspørsmål ved arbeid og opphald i landet er utarbeidd av IMDi og har vore distribuert sidan 15. september 2009. Tilbakemeldingane tyder på at Ny i Norge har treft informasjonsbehovet.
Strategiar og tiltak
Regjeringa vil hindre at vi over tid får eit samfunn der systematiske skilnader i levekår følgjer etniske skiljelinjer. Arbeid er det viktigaste verkemidlet for å sikre den enkelte gode levekår. Auka deltaking i arbeidslivet skal vere hovudstrategien for å sikre ei god samfunnsutvikling.
Over fleire år har vi registrert ein tendens der enkelte innvandrargrupper har dårlegare levekår og i større grad er avhengige av offentlege velferdsordningar enn resten av befolkninga. Den siste økonomiske høgkonjunkturen har i lita grad jamna ut desse skilnadene. Dette gjeld særleg innvandrarar frå land i Asia og Afrika som har kome som flyktningar og familieinnvandrarar. Lågare sysselsetjing og høgare arbeidsløyse samanlikna med befolkninga elles er ein viktig grunn til skilnadene. Det er av særleg vekt å få fleire i denne gruppa i arbeid og motverke utstøyting frå arbeidslivet. Det er viktig å auke sysselsetjinga blant kvinnene og at ungdommen får arbeid på lik linje med annan ungdom og i samsvar med kvalifikasjonane sine.
Det er lagt opp til ein brei innsats for å få personar som står utanfor arbeidsmarknaden, deriblant innvandrarar, over i arbeid. Denne innsatsen er omtalt i Prop. 1 S (2010–2011) for Arbeidsdepartementet.
Låg kompetanse og svake grunnleggjande dugleikar i høve til krava i arbeidsmarknaden er ei utfordring og gjer at mange innvandrarar òg i 2011 vil ha behov for tilpassa opplæring og særskild bistand for å kome i varig arbeid.
Introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar og opplæring i norsk og samfunnskunnskap er viktige ordningar som skal bidra til å auke deltakinga til yrkes- og samfunnslivet. Evalueringar som vart gjort i 2007 viser at vi er på rett veg. Departementet har allereie innført fedrekvote i omsorgspermisjonen for deltakarar i introduksjonsprogrammet som eit ledd i dette arbeidet. Kvoten er innført for fedrar med barn som er født etter 1. september 2010.
Forsøket med Ny sjanse blir ført vidare i 2011. Det blir retta særleg inn mot utvalde landgrupper med spesielt høg arbeidsløyse eller låg sysselsetjing. Kvinner frå desse utvalde landgruppene vil vere ei hovudmålgruppe.
Det er viktig med ein bevisst og aktiv politikk blant alle arbeidsgjevarar for å auke rekrutteringa av personar med innvandrarbakgrunn. Regjeringa ser det som viktig at offentleg sektor skal gå føre med eit godt eksempel. Plikta i staten til å intervjue minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn dersom han eller ho er kvalifisert for stillinga, vil bli ført vidare.
Forsøket med moderat kvotering er evaluert. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet vurderer korleis forsøket skal følgjast opp.
Gründerverksemda blant innvandrarar i Noreg er eit positivt bidrag til verdiskapinga i samfunnet. Innvandrarar som ønskjer å etablere eigen verksemd møter særlege utfordringar samanlikna med etablerarar i befolkninga generelt. Dei har behov for tilrettelagt opplæring, rettleiing og støtte under og etter etableringa. Regjeringa føreslår å styrkje entreprenørskap for innvandrarar, og har sett av midlar til etablering av eit nasjonalt senter, jf. resultatrapporten under dette delmålet.
Delmål 2.6: Høg deltaking i samfunnslivet blant innvandrarar og barna deira
Resultatrapport 2009/2010
Rolla til frivillige organisasjonar i integrerings- og inkluderingsarbeidet blir styrkt gjennom ordningar med tilskot, sjå rapportering på kap. 821, post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd. Det blir gitt tilskot til lokale innvandrarorganisasjonar, til aktivitet i lokalsamfunn, til landsdekkjande organisasjonar på feltet, til organisasjonar og miljø som arbeider mot tvangsekteskap og til organisasjonar og grupper som gir målretta informasjon om det norske samfunnet til nye innvandrarar.
For å sikre at måla med tilskota blir oppnådde på ein god måte, har departementet i tildelingsbrev bedt IMDi om å lage eit heilskapleg system for rapportering på måloppnåing for alle tilskota som blir gitt over kap. 821, post 71. Departementet har også gått særskilt gjennom kriteria for tildeling og fastsetjing av tilskot til landsdekkjande organisasjonar på innvandrarfeltet.
IMDi har samarbeidsavtaler med til saman seks frivillige organisasjonar med mål om å gjere det lettare for kommunar å ta imot og busetje nykomne innvandrarar. Desse organisasjonane er Frivillighet Norge, Norges Fotballforbund, Raudekrossen i Noreg, Norske Kvinners Sanitetsforening, Norsk Folkehjelp og Redd Barna. Gjennom avtalene er det gitt støtte til ei rekkje lokale prosjekt over heile landet som skal bidra til utvikling av lokalt integreringsarbeid og lokale møteplassar mellom minoritets- og majoritetsbefolkninga. Avtalene skal i tillegg bidra til metodeutvikling og auka kunnskap om frivillig integreringsarbeid og til at det blir rekruttert fleire innvandrarar som medlemmer, tillitsvalde og tilsette i organisasjonane.
Gjennom støtte til innvandrarorganisasjonar, både nasjonale og lokale, legg departementet grunnlaget for aktiv deltaking for personar med innvandrarbakgrunn.
Departementet har hatt møte med ulike landsdekkjande organisasjonar som arbeider for integrering og inkludering, og andre frivillige organisasjonar og miljø.
KIM er ein viktig reiskap for å få fleire stemmer inn i integreringsdebatten. Utvalet gir råd til styresmaktene i saker som vedkjem innvandrarar. I 2009 hadde KIM særleg fokus på å auke deltakinga i stortingsvalet blant norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn. I samarbeid med IMDi, og med økonomisk stønad frå KRD, arrangerte KIM mellom anna ei rekkje valmøte og debattar med det som formål.
Eit nytt utval blei oppnemnt av Kongen i statsråd frå 1. januar 2010 for ein periode på fire år. Utvalet er styrkt ved at det er oppnemnt fleire medlemmer med innvandrarbakgrunn. KIM består no av 23 medlemmer med innvandrarbakgrunn, frå alle fylka i Noreg, i tillegg til leiaren.
Forsøk med systematisk språkkartlegging av alle barn på fireårskontrollen ved hjelp av kartleggingsverktøyet Språk 4 blei avslutta i 2009. Dette året blei det prøvd ut modellar for overføring av kunnskap og erfaringar til kommunar som ikkje var med i forsøket, og det blei utvikla opplegg for betre språkkartlegging av barn med mangelfulle norskkunnskapar. IMDi har laga ein guide for korleis nye kommunar kan ta kartleggingsverktøyet i bruk. Bruk av Språk 4 er no i stor grad innarbeidd i dei ordinære rammene for fireårskontrollen, og Helsedirektoratet tilrår bruk av Språk 4 i sine retningslinjer. Fleire høgskolar har teke bruk av Språk 4 inn i utdanninga for helsesøstrer.
Barnehagen er ein viktig arena for inkludering og språkopplæring, der barn òg kan lære norsk. Forsøk med gratis kjernetid i barnehage for fire- og femåringar i område med ein høg del minoritetsspråklege barn starta i Stovner bydel i Oslo i 2006 og er gradvis blitt utvida. Sidan 1. august 2007 har forsøket omfatta dei fire bydelane i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand i Oslo. Forsøket inneber tilbod om gratis opphald i barnehage fire timar om dagen, totalt inntil 20 timar per veke. Midlane til tiltaket skal også kunne brukast til arbeid med å rekruttere minoritetsspråklege barn som ikkje har søkt barnehageplass, til å heve kompetansen til personalet i barnehagen og til tiltak retta mot foreldre. Både i 2008, 2009 og 2010 er det blitt tildelt 50 mill. kroner til Oslo kommune til forsøket for fire- og femåringar. I tillegg er det i 2010 sett av 10 mill. kroner til eit forsøk for treåringar i nokre område i Drammen og i bydelen Gamle Oslo.
Rapporteringa frå Oslo kommune seier at gratis kjernetid har medverka til at talet på minoritetsspråklege barn i barnehage har auka. Ved inngangen til 2010 hadde nesten alle fire- og femåringar i Groruddalen og Søndre Nordstrand erfaring frå barnehage. Det ser no ut til å vere meir akseptert at barnehagen er ein del av utdanningsløpet til barnet, og fleire foreldre oppsøkjer sjølv eit barnehagetilbod. Fleire søkjer heildagsplass for barnet sitt, og fleire søkjer barnehageplass tidlegare for mindre søsken. Gratistilbodet når familiar som elles ikkje ville brukt barnehagen. Dei tilsette har fått meir kompetanse i å jobbe systematisk med språkutviklinga til det enkelte barnet. Det er stor deltaking i ulike tilbod for foreldre. Skolar i dei aktuelle bydelane melder at det språklege nivået til barna som startar på skolen, er betre enn tidlegare.
Sidan 2007 er det òg gjort ei mindre utprøving av forsøket for fire- og femåringar i Drammen kommune. Midlane er brukte til 60 barnehageplassar for minoritetsspråklege barn med eit gratis korttidstilbod 17 timar per veke, og til tilbod om norskopplæring og fysisk aktivitet for mødrer. Forsøket for fire- og femåringar i Drammen er fasa ut frå og med barnehageåret 2010/2011.
I 2010 er forsøket med gratis kjernetid utvida til treåringar i nokre område i Drammen og i bydelen Gamle Oslo. Den systematiske språkstimuleringa som skjer i barnehagane i Oslo, har vist seg å gi barna betre sjansar til å klare seg på skolen, både språkleg og sosialt. Med eitt ekstra år i barnehage kan barn få eit enda betre grunnlag for skolegangen.
Staten og Oslo kommune gjorde i januar 2007 avtale om ei brei og heilskapleg satsing for å betre miljø- og levekåra i Groruddalen over ein periode på ti år. BLD har det overordna ansvaret for statens innsats på programområde 4 i satsinga, som omhandlar oppvekst, utdanning, levekår, kulturaktivitetar og inkludering. IMDi samordnar det statlege arbeidet.
Til Groruddalssatsinga blei det på programområde fire i 2010 sett av ca. 50 mill. kroner frå staten til ekstraordinære tiltak på fleire departement sine ansvarsområde. Summen er lågare enn i 2009 fordi tidlegare øyremerka tiltaksplassar for innvandrarkvinner er teke ut i 2010.
Hovudfokuset på barn, unge og foreldre frå 2009 har halde fram i 2010, og det viktigaste enkelttiltaket i satsinga er gratis kjernetid i barnehage. I tillegg er det tildelt midlar til Språkløftet og Utviklingsprosjektet i skolar med meir enn 25 prosent minoritetsspråklege elevar. Prosjekta har gitt auka kompetanse om språkstimulering og språkopplæring og betre rutinar for samarbeid mellom helsestasjon, barnehage og skole. Tiltaket Kompetanse 16–24 i Grorud og Stovner, retta mot ungdom som fell ut av vidaregåande skole, var fullt i 2009 og blei utvida i 2010.
Oppstartdokumentasjonen som blei utarbeidd da Groruddalssatsinga kom i gang, viste store levekårsutfordringar i enkelte delbydelar, og det mangla systematisert kunnskap om kva tiltak som best kunne betre levekåra i desse delbydelane. Det blei bestemt at det skulle lagast eit betre kunnskapsgrunnlag for å betre levekåra gjennom både individretta og områderetta tiltak. Dette arbeidet starta i desember 2009 og blir koordinert av IMDi.
I mars 2008 underteikna staten ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Oslo kommune ei intensjonsavtale om Handlingsprogram Oslo Sør. Handlingsprogram Oslo Sør er eit forpliktande samarbeid for å betre oppvekst- og levekåra i bydel Søndre Nordstrand dei nærmaste ti årane. I tillegg til dei ordinære midlane som går til bydelen, er det tildelt 16,3 mill. kroner frå staten i ekstraordinære midlar til dette handlingsprogrammet i 2010. Også i Handlingsprogram Oslo Sør har ein sidan oppstarten arbeidd med barn og oppveksttiltak, særleg når det gjeld språk og skole, og med styrking av foreldrerolla, i tillegg til auka deltaking i arbeidslivet. IMDi samordnar den statlege innsatsen innanfor satsinga.
Strategiar og tiltak
Eit velfungerande demokrati krev at alle har høve til å delta på ulike samfunnsarenaer, i politiske og frivillige organisasjonar, i skolegangen til barna og i lokalsamfunna.
Alle har eit sjølvstendig ansvar for å delta på dei arenaene som finst i det norske samfunnet. Samstundes må institusjonane og dei felles arenaene i samfunnet ta høgde for at innbyggjarane er ulike, med ulike utgangspunkt.
Deltaking i frivillige organisasjonar har ein eigenverdi, mellom anna ved å gjere det mogleg for folk å bruke engasjementet sitt. Samstundes er frivillige organisasjonar viktige sosiale arenaer der det blir danna nettverk som kan verke positivt på anna deltaking i samfunnet. Frivillige organisasjonar er òg sentrale aktørar i arbeidet med inkludering og deltaking. Arbeidet med å leggje til rette for meir samarbeid på tvers av frivillige organisasjonar og mellom innvandrarorganisasjonar og styresmaktene held fram. Frivillige organisasjonar er vidare ein viktig ressurs i arbeidet retta mot nykomne innvandrarar og kan opne dører i lokalsamfunn.
Ei ny undersøking utført av Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, viser at sjølv om personar med bakgrunn frå Asia og Afrika i mindre grad enn innbyggjarane elles er medlemmer i frivillige organisasjonar, deltek meir enn ein tredjedel av dei i frivillig arbeid over ein eittårsperiode. I internasjonal samanheng er dette eit godt resultat. Undersøkinga dokumenterer at personar med innvandrarbakgrunn er meir aktive enn andre nordmenn i mellom anna religiøse organisasjonar, men mindre i kultur- og fritidssektoren.
For å stimulere til auka deltaking gir regjeringa mellom anna støtte til landsdekkjande organisasjonar på innvandrarfeltet og til drift av lokale innvandrarorganisasjonar.
Målet med tilskotsordninga til landsdekkjande organisasjonar er å leggje til rette for organisasjonar som arbeider for å sikre at alle har dei same moglegheitene, rettane og pliktene når det gjeld å ta del i samfunnet og å ta i bruk eigne ressursar. Tilskotsordninga skal mellom anna bidra til å byggje opp kunnskap basert på erfaring og kompetanse om kva som fremmar inkludering og auka deltaking frå innvandrarbefolkninga i samfunnet.
Som eit ledd i eit større arbeid for å sikre god måloppnåing på budsjettposten, har departementet gått gjennom kriteria for tildeling av tilskot og fastsetjing av tilskotbeløp. Målet har vore å få betre samanheng mellom formåla og kriteria i handsaminga av søknader frå landsdekkjande organisasjonar på innvandrarfeltet. Organisasjonane må, som hovudregel, representere interessene til innvandrarar i Noreg på tvers av nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Organisasjonane må opparbeide og formidle kunnskap basert på erfaring og på ei brei kontaktflate og ei solid forankring i ulike innvandrarmiljø. Nye organisasjonar må ha andre arbeidsformer eller andre målgrupper enn organisasjonar som alt får tilskot frå tilskotsordninga.
Dei justerte kriteria vil gå fram av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sitt rundskriv om ordninga.
Kap. 821, post 71 er fordelt på fire ordningar og diverse mindre tilskot. I det vidare arbeidet med å betre måloppnåinga på posten vil departementet gå gjennom alle ordningane og gjere ei samla vurdering av innretninga på løyvinga. Organisasjonane vil bli konsulterte i prosessen.
KIM skal sjølv ta initiativ til å ta opp saker som opptek innvandrarbefolkninga. Utvalet skal delta aktivt og vere synleg i samfunnsdebatten, og, gjennom medlemmene sine, vere i kontakt med og utveksle synspunkt og erfaringar med innvandrarorganisasjonar regionalt.
Enkelte område i større byar har særskilde utfordringar med levekår av eit slikt omfang at det er behov for særlege satsingar. Personar med innvandrarbakgrunn er ofte overrepresenterte i desse områda. Regjeringa har gjort langsiktige samarbeidsavtaler med Oslo kommune om felles områdesatsingar for å betre levekåra i fire bydelar i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand.
Å meistre språk er ein viktig føresetnad for deltaking i samfunnet. Ein del barn har svake dugleikar i norsk når dei startar på skolen. Deltaking i barnehage førebur barn på skolestart, betrar norskkunnskapane for minoritetsspråklege barn og medverkar til sosialisering generelt. Forsøksordninga med gratis kjernetid i barnehage vil derfor bli vidareført og utvida i 2011. Ordninga for fire- og femåringar vil halde fram i Oslo. Forsøket i Bydel Gamle Oslo blir vidareført i dialog med Oslo kommune. Forsøket for treåringar i område i Drammen blir vidareført, og det blir foreslått å utvide satsinga til å omfatte fireåringar i dei same områda i kommunen. BLD foreslår vidare å utvide satsinga til område i Bergen med høg del barn med innvandrarbakgrunn. Satsinga i Bergen må sjåast i samanheng med forslag i Prop. 1 S (2010-2011) for Kommunal- og regionaldepartementet om ei områdesatsing same stad. Departementet vil evaluere forsøket.
Språkkartlegging på helsestasjon, gratis kjernetid i barnehage, Språkløftet og Utviklingsprosjektet i skolar med meir enn 25 prosent minoritetsspråklege elevar, som er tiltak i regi av Kunnskapsdepartementet, utgjer ei tiltakskjede som mellom anna skal sikre tilstrekkelege språkkunnskapar hos førskolebarn og ein betre førebudd skolestart. Tiltakskjeda er ein sentral del av regjeringas områdesatsing i fire bydelar i Groruddalen og i bydelen Søndre Nordstrand i Oslo.
Delmål 2.7: God kunnskap om integrerings- og inkluderingspolitikken i befolkninga
Resultatrapport 2009/2010
Det er viktig at innbyggjarane har god kunnskap om integrerings- og inkluderingspolitikken. IMDi har ei sentral rolle i å spreie informasjon om politikken og bidra med kunnskapsutvikling. Informasjonsverksemda til IMDi er nært knytt til den rolla direktoratet har som kunnskapsutviklar og samordnar på integreringsfeltet. Informasjonsverksemda til IMDi har i 2009 og 2010 særleg vore retta mot dei fire tiltaka i Handlingsplan mot tvangsekteskap som IMDi har ansvaret for, busetjing av flyktningar i kommunane, arbeidsinnvandring og likestilling for innvandrarkvinner. Resultata frå IMDi sine kartleggingar og analysar og IMDi si verksemd retta mot kommunane har blitt formidla breitt gjennom ulike aktivitetar, publikasjonar og informasjonskanalar, mellom anna nettsidene imdi.no og nyinorge.no og nyhendebrevet i-nytt.
Integreringskartet kjem årleg og skal gi ein kunnskapsstatus for eit aktuelt tema. Integreringskartet i 2009 omhandla integrering i økonomisk nedgangstid, og i 2010 er temaet norskopplæring for vaksne innvandrarar.
BLD har i kunnskapsarbeidet sitt i 2010 vidareført samarbeidet med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår, jf. ssb.no/innvandring. Statistikken er ein plattform for vidare analyse og for politikkutforming, men er òg viktig for å oppnå ein faktabasert og konstruktiv debatt om integrering. Det same gjeld kunnskapen som kjem ut av forsking som omhandlar internasjonal migrasjon og etniske relasjonar.
BLD støttar programmet for forsking på Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) i regi av Noregs forskingsråd og forskingsprogrammet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor.
I 2008 sette regjeringa av midlar for å prøve ut ei ordning der frivillige organisasjonar gir målretta informasjon og rettleiing til innvandrarar for å styrkje deltakinga deira i lokalsamfunn og utvikle nettverk. Denne ordninga blei styrkt i 2009 og vidareført i 2010, jf. omtale under kap. 821, post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd.
For å skape debatt og engasjement om inkludering av innvandrarar i arbeidslivet og i samfunnet elles held inkluderingsministeren fire folkemøte på ulike stader i Noreg i 2010. Statsråden vil vite kva folk er opptekne av, og kva for erfaringar og idear folk har på området.
Det første av folkemøta blei halde i Bergen den 18. mai, og bortimot 300 møtte fram for høyre Statsråden og dei andre i panelet diskutere inkludering. «Kan arbeid og utdanning løyse alle inkluderingsutfordringane?» var spørsmålet statsråden stilte på dette møtet. Statsråden planlegg å halde tre nye folkemøte hausten 2010; eit i Groruddalen, eit ein annan stad på Austlandet og eit i Nord-Noreg. Inkludering i arbeidslivet og segregering vil vere hovudtema for dei neste debattane.
Strategiar og tiltak
Politikkutviklinga på integrerings- og inkluderingsområdet skal byggje på kunnskap, både evalueringar av verkemidla på området, utvikling av nasjonale grunnlagsdata og generell forsking og kunnskapsutvikling nasjonalt og internasjonalt.
Gjennom kunnskap blir det lagt til rette for ein brei offentleg debatt om integrering og inkludering. Kunnskap og informasjon må formidlast til både innvandrarar og innbyggjarane generelt. Dette skal gjerast gjennom vidareføring av IMDi sin innsats.
IMDi spelar ei avgjerande rolle som kompetansesenter på integrerings- og inkluderingsområdet. Direktoratet skal ha oversikt over og formidle kunnskap, metodar og verkemiddel som kommunar og statlege etatar kan nytte i arbeidet overfor innvandrarbefolkninga. I kunnskapsarbeidet legg IMDi vekt på at kunnskapen skal ha ei tett kopling mellom teori og praksis. Ny kunnskap blir formidla breitt og nytta i det praktiske arbeidet. Sentrale målgrupper for informasjonsarbeidet til IMDi er kommunar og statlege etatar sentralt og lokalt, frivillige organisasjonar, innvandrarar og media nasjonalt, regionalt og lokalt.
IMDi administrerer Nasjonalt introduksjonsregister (NIR), som inneheld opplysningar om alle vedtak om arbeids- og opphaldsløyve etter 1. september 2005, og som er omfatta av introduksjonslova. Registeret gir oversikt over deltakarar i introduksjonsordninga og deltakarar i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Samarbeidet med SSB om statistikk som gjeld innvandring, integrering og inkludering av innvandrarar og barna deira, blir ført vidare.
BLD vil gi støtte til programmet for forsking på Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) også i 2011.
Forsking og analysar er av særleg interesse mellom anna for å kunne samanlikne situasjonen for innvandrarar og barna deira med situasjonen i land med ein tilnærma lik innvandringspolitikk, liknande datagrunnlag og innvandrarar frå dei same opphavslanda, jf. omtale av internasjonalt arbeid i del III.
I lys av utviklinga dei seinare åra er det viktig å få ein brei og heilskapleg gjennomgang av politikken, og ein debatt om framtidige grunnsyn og tiltak. Utvalet for integrerings- og inkluderingspolitikken blei sett ned våren 2010 og skal sjå på utfordringar og opningar i eit fleirkulturelt Noreg. Gjennom debattmøte rundt om i landet skal utvalet hente innspel frå ulike grupper. Utvalet skal leggje fram innstillinga si i 2011.
Gjennom støtte til landsdekkjande organisasjonar blir det bygd opp ulike kompetansemiljø når det gjeld kva som fremmar og kva som hindrar inkludering. Slike miljø formidlar òg erfaringar og kompetanse om dette til styresmaktene og til innbyggjarane elles. KIM bidreg òg til å få fram ulike erfaringar og få til ein brei offentleg debatt om integrering og inkludering.
Delmål 2.8: Offentlege tenester som er tilpassa mangfaldet i befolkninga
Resultatrapport 2009/2010
Offentlege sektorstyresmakter skal gi alle innbyggjarane gode, tilpassa tenester. Det er dei enkelte sektorstyresmaktene sitt ansvar å sikre dette.
På direktoratsnivå har IMDi ei sentral rolle i å koordinere arbeid for at personar med innvandrarbakgrunn skal få tilbod om likeverdige offentlege tenester. IMDi leier mellom anna Forum for integrering og mangfald (FIM), som er eit forum der ni direktorat samarbeider om spørsmål knytt til integrering. IMDi har også gjort samarbeidsavtaler med fleire direktorat og etatar som har ansvaret for viktige velferdsoppgåver. Kommunane har ansvaret for ein vesentleg del av velferdstenesta. IMDi har gjort avtaler med fleire kommunar om å tilpasse dei kommunale tenestene.
Per 31. juli 2010 var det registrert 1146 tolkar i 66 språk i Nasjonalt tolkeregister. Av desse har 56 prosent statsautorisasjon og/eller tolkeutdanning. For å sikre at dei som er førte opp i registeret har minimumskompetanse i tolking, må praktiserande tolkar som ønskjer å bli registrerte, og som ikkje har fullført utdanning eller har statsautorisasjon, ta ei språkprøve og gjennomføre eit innføringskurs i kva for ansvar tolken har. Det er mogleg å kvalifisere seg til registeret i 73 språk. IMDi oppfordrar offentlege tolkebrukarar og tolkeformidlarar til å sende personar som blir brukte som tolkar i dag, til språkprøve og utdanning. Hittil har 3 778 personar som tolkar på 68 språk, teke språkprøven. Av desse var det 65 prosent som ikkje greidde krava.
Universitetet i Oslo administrerer statsautorisasjonsordninga for tolkar. Autorisasjonsprøven er krevjande, og 86 prosent av kandidatane strauk i 2009. Strykprosenten er noko lågare for kandidatar med grunnutdanning i tolking. Per 31. juli 2010 har 175 tolkar i 21 språk fått løyve som statsautorisert tolk, 61 prosent av dei er kvinner.
Satsinga på utdanning for tolkar dei siste åra har medverka til at fleire tolkar har auka kompetansen sin. I 2007 blei det etablert ei permanent tolkeutdanning ved Høgskolen i Oslo (HiO). Per 31. juli 2010 har totalt 236 studentar i 40 språk bestått grunnutdanninga Tolking i offentleg sektor (30 studiepoeng) ved høgskolen. Den første påbyggingsmodulen (Tolking i retts- og nemndsmøte) i retning av eit bachelorstudium blei tilbydd ved HiO i 2009. 124 tolkar har teke studiet og bestått eksamen. IMDi samarbeider med høgskolen for å sikre at utdanningstilbodet er tilpassa det behovet samfunnet har for tolkar på ulike språk.
Det er ei utfordring at ulike sektorar ikkje bruker kvalifiserte tolkar i tilstrekkeleg grad. Ei undersøking om bruk av tolk i straffesakskjeda (IMDi-rapport 6-2009) viser at berre éin av tre i kriminalomsorga bruker tolk når det er behov for det, og sjølv om domstolane som oftast bruker tolk ved behov, har berre éin av tre i domstolane faste rutinar for å kontrollere kvalifikasjonane til tolken. I ei undersøking om bruk av tolk i grunnskolen i Oslo svarer éin av tre at barn av og til eller ofte blir nytta som tolk for foreldra.
Brukarundersøkingar er eit verkemiddel for å kunne tilby offentlege tenester som er tilpassa mangfaldet i befolkninga. På oppdrag frå IMDi og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet blei det derfor i 2010 utarbeidd ein rettleiar for at ein lettare skal kunne inkludere heile befolkninga i brukarundersøkingar som blir gjennomførte for å måle kvaliteten på offentlege tenester.
Som eit ledd i arbeidet for personar med somalisk bakgrunn i Noreg skal det setjast i verk eit prosjekt for å vidareutvikle ei ordning med bruk av såkalla linkarbeidarar – det vil seie personar med det same språket og den same erfaringsbakgrunnen som brukarane – i formidlinga av informasjon til somaliarar som kjem i kontakt med det offentlege hjelpeapparatet. Formålet er å finne gode metodar som sikrar at brukarar med somalisk bakgrunn får den informasjonen dei har krav på.
Regjeringa har gjennom Handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga styrkt innsatsen for at innvandrarar raskt kan kome ut i inntektsgivande arbeid og delta aktivt i samfunnet. Handlingsplanen for 2007–2010 inneheldt tiltak innanfor ansvarsområda til sju departement, og innsatsområda var arbeid og busetjing, oppvekst, utdanning og språk, likestilling og deltaking. I 2010 blei Handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga ført vidare og styrkt. Tiltaka for 2007, 2008 og 2009 blei ført vidare. Det same gjorde styrkinga av integreringstilskotet i Revidert nasjonalbudsjett 2009. Grunntilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar blei òg betra. Den samla styrkinga på integrerings- og inkluderingsfeltet var på 890 mill. kroner i perioden 2006-2010.
Regjeringa har i perioden sin lagt fram fleire handlingsplanar på ulike område. Alle trekkjer mot eit felles mål om eit inkluderande samfunn der alle har like høve til å bidra og delta. Handlingsplan mot fattigdom, Handlingsplan mot tvangsekteskap, Handlingsplanen mot kjønnslemlesting og Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering er alle planar med tiltak som verkar saman med Handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga.
Regjeringa har ført vidare Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga, som måler effektar av inkluderingspolitikken. Måla for inkludering er langsiktige. Ein kan ikkje vente store endringar på kort tid. For dei fleste måla er det snakk om små endringar, men på områda til fleire departement kan ein sjå at utviklinga går i riktig retning. Rapporteringa viser mellom anna at fleire vaksne innvandrarar går opp til og består norskprøver, og at fleire barn med innvandrarbakgrunn går i barnehagar. Men rapporteringa viser òg at barn med innvandrarbakgrunn er klart overrepresenterte blant barn som lever med vedvarande låg inntekt. Den samla rapporteringa på utviklingstrekk og trendar når det gjeld Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga, er å finne i del III.
Regjeringa sette i 2009 ned eit offentleg utval som skal gi meir kunnskap om korleis den norske velferdsmodellen fungerer i ei tid med auka inn- og utvandring. Høg yrkesdeltaking er ein føresetnad for å finansiere gode velferdsordningar, og utvalet skal mellom anna sjå på trygdeordningar og verkemiddel i integrerings- og arbeidsmarknadspolitikken. Utvalet skal i tillegg sjå på om det er sider ved innvandringspolitikken som er spesielt relevante for utforminga av den norske velferdsmodellen i framtida. Utvalet skal leggje fram utgreiinga si for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i første halvår av 2011.
Strategiar og tiltak
For at ein skal få likeverdige tenester, må desse vere tilpassa befolkninga sine behov. Dette inneber at dei enkelte fagstyresmaktene har ansvar for tenestetilboda til alle gruppene innanfor sitt område, også innvandrarar og barna deira. Oppgåver knytte til helse, utdanning, bustad og arbeidsliv, ligg innanfor ansvarsområda til andre departement.
For å sikre ei heilskapleg og målretta politikkutvikling har BLD eit særskilt samordnings- og pådrivaransvar i integrerings- og inkluderingspolitikken. På direktoratsnivå er det IMDi som har denne oppgåva.
Ein reiskap for samordning er måla for inkludering, jf. omtale i del III. Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga blei introduserte i statsbudsjettet for 2006. I alt er det 17 mål som omfattar ansvarsområda til åtte departement. Siktemålet er å måle effektane av inkluderingspolitikken. Kvart mål har ein eller fleire indikatorar. Desse skal vise kva retning utviklinga går i. I budsjettet for 2011 rapporterer departementa på måloppnåing for sjette året på rad. Dei ansvarlege departementa rapporterer årleg i samsvar med sektoransvarsprisnippet. Målsetjinga er at regelmessige rapporteringar over tid skal kunne gi eit godt bilete av utviklinga når det gjeld inkludering av innvandrarbefolkninga på dei ulike samfunnsområda, og gjere tydeleg for det enkelte sektororganet kva ansvar det har overfor innvandrarane. Eit arbeid med å vurdere måla for inkludering, indikatorane og kor treffsikre dei er, blei starta i 2010.
Rapporteringa frå dei ansvarlege departementa syner mellom anna at det har blitt vanskeleg for mange innvandrarar å komme inn i arbeidsmarknaden. Samstundes er auka i arbeidslause blant innvandrarar den same som auka i samla arbeidslause.
Det har vore ein auke i talet på minoritetsspråkelige barn i barnehagar dei siste åra. For femåringar er delen minoritetsspråkelige nesten like høg som for andre barn. Det er positivt at valdeltakinga i 2009 auka blant veljarar med afrikansk, iransk, irakisk og pakistansk bakgrunn, sjølv om gjennomsnittleg deltaking blant innvandrar er på same nivå som i 2005. Også positivt er det å registrere at det har vore ein jamn stigning i delen tilsette i politi- og påtalemakta med innvandrarbakgrunn.
På området til BLD blir det rapportert på desse måla:
Vaksne innvandrarar skal lære tilstrekkeleg norsk dei første fem åra dei bur i landet.
BLD skal medverke til å auke prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta.
Prosentdelen personar med innvandrarbakgrunn som er tilsette i staten, skal auke (i samarbeid med Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet).
IMDi har eit særskilt ansvar for å utvikle og formidle kunnskap om og metodar for å tilpasse offentlege tenester for alle brukargrupper. Det inneber mellom anna å leggje til rette for bruk av tolk dersom brukarar har behov for det.
Arbeidet for at likeverd og rettsvern i offentleg tenesteyting ikkje blir svekt ved språkbarrierar, vil bli ført vidare. Tilgang på kvalifiserte tolkar medverkar til å styrkje rettstryggleiken til individet. Sjølv om norskopplæringa for nykomne innvandrarar er styrkt, vil behovet for tolking halde ved. Innsatsen blir retta mot desse områda:
kvalifiserte tolkar som er tilgjengelege over heile landet, og som dekkjer behovet
god utdanningskapasitet som held høg kvalitet og dekkjer behovet når det gjeld språk og volum
god kunnskap om bruk av tolk i offentleg sektor
formålstenleg og kunnskapsbasert regulering av tolkefeltet
For å auke tilgangen på kvalifiserte tolkar og stimulere tolkane til å dokumentere og auke kompetansen sin blei det i 2005 oppretta eit nasjonalt tolkeregister. Registeret skal også leggje til rette for at dei som bestiller tolk, bruker kvalifiserte tolkar. Det langsiktige målet er at flest mogleg av tolkane i registeret skal ha statsautorisasjon og tolkeutdanning. IMDi er nasjonal fagstyresmakt for tolking i offentleg sektor og eig og driv registeret.
Utdanningstilbodet for tolkar skal vere godt og funksjonelt. Tolkeutdanning blei eit permanent tilbod ved Høgskolen i Oslo frå hausten 2007, og oppbygging av eit bachelorstudium vil bidra til å profesjonalisere tolkeyrket enda meir. Arbeidet for auka kunnskap i offentleg sektor om samanhengen mellom rettsvern og kvaliteten på tolkinga held fram. Sektorstyresmaktene og kommunane har sjølvstendig ansvar for å utvikle gode rutinar for bestilling, betaling og bruk av kvalifisert tolk. Det er den offentlege tolkebrukaren som har ansvaret for å kvalitetssikre tolkinga.
IMDi har leidd ei arbeidsgruppe som har sett på behovet for å regulere tolkefeltet. Arbeidsgruppa har kome med forslag til korleis det offentlege kan betre praksisen for bruk av tolk. Eit tiltak i handlingsplanen for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering er at ein skal vurdere å innføre felles retningslinjer for bruk av kvalifisert tolk i offentleg sektor. Det skal vidare vurderast å innføre sektorspesifikke retningslinjer for dei delane av offentleg sektor som har mykje å seie for velferda til brukarane.
Nærmare om budsjettforslaget
Utgifter under programkategori 11.05 fordelt på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
820 | Integrerings- og mangfaldsdirektoratet | 174 024 | 170 649 | 179 939 | 5,4 |
821 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | 3 483 292 | 4 406 390 | 4 781 244 | 8,5 |
822 | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 1 523 076 | 1 710 316 | 1 664 649 | -2,7 |
823 | Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene | 5 581 | 6 060 | 6 312 | 4,2 |
Sum kategori 11.05 | 5 185 973 | 6 293 415 | 6 632 144 | 5,4 |
Inntekter under programkategori 11.05 fordelt på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
3820 | Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet | 6 457 | |||
3821 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | 71 767 | 74 000 | 101 334 | 36,9 |
3822 | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 142 884 | 175 731 | 94 320 | -46,3 |
Sum kategori 11.05 | 221 108 | 249 731 | 195 654 | -21,7 |
Utgifter under programkategori 11.05 fordelt på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
01-23 | Drift | 228 609 | 240 406 | 268 049 | 11,5 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskapar | 6 000 | 6 000 | 0,0 | |
60-69 | Overføringar til kommunar | 4 901 873 | 5 992 329 | 6 298 624 | 5,1 |
70-98 | Overføringar til private | 55 491 | 54 680 | 59 471 | 8,8 |
Sum kategori 11.05 | 5 185 973 | 6 293 415 | 6 632 144 | 5,4 |
Kap. 820 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 174 024 | 170 649 | 179 939 |
Sum kap. 820 | 174 024 | 170 649 | 179 939 |
Rekneskapstala er flytta frå kap 650 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Status for verksemda
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er BLD sitt utøvande organ for statens integrerings- og inkluderingspolitikk, og er ein premissleverandør for utvikling av politikken på feltet. Dei viktigaste oppgåvene til IMDi er:
å bidra til at kommunane buset flyktningar som får opphald i Noreg i tråd med intensjonane i busetjingsordninga.
å bidra til rask overgang frå introduksjonsprogram til arbeid eller utdanning.
å bidra til å utvikle og setje i verk integrerings- og inkluderingspolitikken.
å vere eit kompetansesenter for kommunane og andre samarbeidspartnarar som arbeider med integrering og inkludering.
å ta initiativ overfor sektorstyresmakter om kva høve og barrierar som ulike grupper av innvandrarar står overfor, og å gi departementet råd og rettleiing.
å bidra til å førebyggje og motverke tvangsekteskap.
å ta initiativ overfor og å samarbeide med næringsliv og organisasjonar for å auke innvandrarar si deltaking i arbeids- og samfunnsliv.
IMDi sitt arbeid skal byggje opp under fagstyresmaktene si ivaretaking av sektoransvaret.
Målgrupper
Kommunane er den viktigaste målgruppa og samhandlingspartnaren til IMDi. Andre målgrupper er mellom anna næringsliv og arbeidsgivarar, statlege sektororgan på både direktoratsnivå og lokalt nivå, ulike organisasjonar, nykomne innvandrarar og meir etablerte innvandrargrupper, innbyggjarane generelt og personar i utlandet som skal busetje seg i Noreg.
Verkemidla
Dei viktigaste verkemidla til IMDi er lover og forskrifter, kunnskap og kunnskapsutvikling, dokumentasjon, spreiing av erfaring, informasjon og haldningsskapande arbeid. I tillegg disponerer direktoratet økonomiske verkemiddel som tilskotsordningar, prosjektmidlar og utviklings- og forskingsmidlar.
IMDi held til i Oslo og har regionale kontor i Oslo, Gjøvik, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Narvik. I 2011 vil IMDi møte dei største utfordringane på følgjande område:
Busetjing
IMDi skal, i samarbeid med KS og kommunane, bidra til rask busetjing av personar som har fått vedtak om opphald i Noreg etter søknad om asyl, jf. omtale under delmål 2.1. Busetjing av einslege mindreårige vil vere ei særleg utfordring.
Arbeid og kvalifisering
auka sysselsetjing blant innvandrarar, særleg blant kvinner med låg sysselsetjing.
rask overgang frå introduksjonsprogram til arbeid og/eller utdanning.
vidareutvikling av ordningane i introduksjonslova.
integreringsutfordringar knytte til arbeidsinnvandring.
Særlege satsingar
tiltak for å motverke og førebyggje tvangsekteskap.
områdesatsingar i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand i Oslo.
ei auking i talet på kvalifiserte tolkar og sikring av tilgang til tolkar som dekkjer fleire språk.
Post 01 Driftsutgifter
I samsvar med Statens sentrale tenestemannsregister hadde IMDi ei bemanning per 1. mars 2010 som tilsvara 186 årsverk.
Departementet føreslår å flytte 350 000 kroner frå denne posten til kap. 821, post 70 til arbeidet med kartlegginga til Berekningsutvalet. Vidare føreslår ein å flytte 150 000 kroner frå denne posten til kap. 821, post 72.
Posten er redusert med 2 mill. kroner som følgje av interne omprioriteringar.
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til drift av IMDi. Departementet føreslår ei løyving på 180 mill. kroner i 2011.
Innanfor ramma ligg oppgåver knytte til arbeidet med uttak og busetjing av overføringsflyktningar, mellom anna til kulturorienteringsprogram og til informasjonsverksemd om flyktningar.
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 5 mill. kroner til et forprosjekt for nye IKT-løysingar for eit effektivt busetjings- og tilskotsforvaltningssystem.
Kap. 3820 Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Diverse inntekter | 1 284 | ||
15 | Refusjon av arbeidstiltak | 3 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 2 407 | ||
18 | Refusjon av sykepengar | 2 763 | ||
Sum kap. 3820 | 6 457 |
Rekneskapstala er flytta frå kap 3650 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overførast | 22 195 | 33 067 | 45 218 |
50 | Noregs forskingsråd | 6 000 | 6 000 | |
60 | Integreringstilskot, kan overførast | 3 307 659 | 4 226 450 | 4 304 872 |
61 | Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving | 147 871 | 185 752 | 258 504 |
62 | Kommunale innvandrartiltak | 97 947 | 86 193 | 107 179 |
70 | Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging | 3 447 | 3 560 | 4 020 |
71 | Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd | 49 959 | 47 488 | 48 460 |
72 | Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m. | 2 085 | 2 152 | 2 369 |
73 | Tilskot | 1 480 | 4 622 | |
Sum kap. 821 | 3 486 292 | 4 406 390 | 4 781 244 |
Rekneskapstala er flytta frå kap 651 og 854 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Post 21 Spesielle driftsutgifter – kunnskapsutvikling, integrering og mangfald, kan overførast
Målet for løyvinga er å få god og relevant kunnskap om integrering og inkludering i samfunnet, bidra til formidling av slik kunnskap og utvikle gode metodar og god praksis til bruk for kommunar og statleg forvalting. Kunnskapsutviklinga skal ha eit kjønnsperspektiv. Både departementet og IMDi nyttar midlar under denne posten.
Resultatrapport 2009/2010
I 2009 og 2010 har sentrale tema for prosjekt og utiklingsarbeid vore opplæring i norsk, utvikling av eit opplæringsopplegg retta mot opplæringa i 50 timer samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, kvalifisering, busetjing, dei økonomiske verkemidla til kommunane i busetjingsarbeidet, vurdering av stønadsordninga for einslege forsørgjarar, arbeidsinnvandring, sysselsetjing, tolkebruk, etablerarverksemd, fråfall i vidaregåande opplæring og tvangsekteskap.
Det er vidare nytta midlar til evaluering av Groruddalssatsinga og av statsborgarreglane og statsborgarseremonien. Det er òg gitt midlar til deltaking i forskingsprogrammet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor.
Det er utvikla ei rettleiing retta mot offentleg sektor for å sikre inkludering av innvandrarar i brukarundersøkingar. I 2010 vil det bli gjennomført ei brukarundersøking om norskopplæring for vaksne innvandrarar, og ei undersøking blant busette flyktningar er sett i gang.
Norsk senter for fleirkulturell verdiskaping har motteke midlar under denne posten i 2010.
Budsjettforslag for 2011
Departementet føreslår å flytte 3 967 000 kroner frå kap. 840, post 21 og 2 223 000 kroner frå kap. 840, post 70 til denne posten knytt til arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Vidare føreslår ein å flytte 186 000 kroner frå kap. 821, post 50 til denne posten.
Departementet føreslår ei løyving på 45,218 mill. kroner i 2011. Løyvinga vil bli nytta til faste prosjekt, evalueringar, statistikkprosjekt innanfor samarbeidsavtala med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår, utviklingsarbeid, utvikling av dataverktøy og til formidling av kunnskap. Departementet føreslår å løyve 3,25 mill. kroner til ein styrking av entreprenørskap for innvandrar. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner til kartlegging av kommunane sine utgifter knytt til busetjing og integrering av flyktningar. Evalueringar, statistikkprosjekt og prosjekt knytte til handlingsplanar og satsingar skal prioriterast. I kunnskapsarbeidet skal det vere eit kjønnsperspektiv.
Post 50 Noregs forskingsråd
Midlane på denne posten skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) under Noregs forskingsråd.
Budsjettforslag for 2011
Departementet føreslår å flytte 186 000 kroner frå denne posten til kap. 821, post 21.
Departementet føreslår ei løyving på 6 mill. kroner i 2011.
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Formål
Formålet med integreringstilskotet er å medverke til rask busetjing. Målet er at flyktningane skal bli busette i ein kommune innan seks månader etter at dei har fått opphaldsløyve (innan tre månader for einslege mindreårige). Tilskotet skal dekkje dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningane i busetjingsåret og dei fire neste åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane har eit planmessig og aktivt busetjings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane snarast mogleg får arbeid og kan forsørgje seg sjølve. Tilskotet skal også medverke til rask busetjing av eldre og funksjonshemma flyktningar.
Tildelingskriterium
Integreringstilskot
Kommunane får utbetalt integreringstilskot ved busetjing av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag og familiesameining med flyktningar i fem år. For familiesameining med personar som har opphald på humanitært grunnlag, får kommunane utbetalt integreringstilskot for dei tre første åra.
Barn som blir født inntil 6 månader etter at mor er busett i ein kommune vil bli omfatta av målgruppa for integreringstilskot. Dette omfattar ikkje familiesameinte.
Departementet tek sikte på å gjere framlegg om å utvide personkrinsen for introduksjonsprogrammet til å omfatte personar som får opphald på grunnlag av mishandling i samlivsforhold eller fordi dei ikkje kan returnere til heimlandet på grunn av sosiale eller kulturelle forhold eller fordi dei har vore utsett for tvangsekteskap.
Integreringstilskotet kan, i enkelte tilfelle og når særlege grunnar taler for det, bli utbetalt for personar som blir busette frå mottak sjølv om dei ikkje har opphald på grunnlag av søknad om asyl, er overføringsflyktningar eller har kollektivt vern. Ein føresetnad er at dei blir busette etter avtale med kommunen.
Alle kommunane får tilskot etter same satsstruktur og nivå. Kommunane får frå 2011 eit høgare tilskot for einslege vaksne enn for andre vaksne. Kommunane får òg eit høgare tilskot for einslege mindreårige enn for andre barn. Satsane er vist i tabellen under. Tilskotet blir utbetalt uavhengig av kva behov den enkelte flyktningen måtte ha for oppfølging, tiltak og tilrettelegging i kommunen.
Tabell 3.1 Satsar for integreringstilskotet
Busetjingsår | Satsar 2007 | Satsar 2008 | Satsar 2009 | Satsar 2010 | Satsar 2011 |
---|---|---|---|---|---|
År 1 (einslege vaksne) | 200 000 | ||||
År 1 (andre vaksne) | 130 000 | 130 000 | 143 5002 | 147 500 | 150 000 |
År 1 (einslege mindreårige) | 150 000 | ||||
År 1 (barn) | 110 000 | 110 000 | 123 500 | 127 500 | 130 000 |
År 2 | 113 000 | 123 4001 | 142 0002 | 146 400 | 150 000 |
År 3 | 92 000 | 99 6001 | 126 0002 | 130 400 | 131 500 |
År 4 | 71 000 | 73 000 | 75 000 | 80 000 | 80 000 |
År 5 | 70 000 | 70 000 | 70 000 | 70 000 | 70 000 |
Sum (einslege vaksne) | 476 000 | 496 000 | 556 500 | 574 300 | 631 500 |
Sum (andre vaksne) | 581 500 | ||||
Sum (einslege mindreårige) | 581 500 | ||||
Sum (barn) | 456 000 | 476 000 | 536 500 | 554 300 | 561 500 |
1 I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2008 blei satsane for integreringstilskotet i år 2 og år 3 auka til høvesvis 130 000 kroner og 112 000 kroner. Aukingane hadde halvårseffekt og gjaldt frå 1. juli 2008.
2 I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009 blei satsane for integreringstilskotet i år 1, år 2 og år 3 auka til høvesvis 143 500 kroner, 142 000 kroner og 126 000 kroner. Aukingane hadde heilårseffekt.
Tilskot ved busetjing av personar over 60 år og personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar
Ved busetjing av personar som har fylt 60 år, får kommunen eit ekstra eingongstilskot. Satsen for 2011 er føreslått til 138 700 kroner.
Ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar kan kommunane få ekstra tilskot på grunnlag av dokumenterte behov. Ordninga har to delar, og personar som kommunane søkjer tilskot for, kan utløyse enten tilskot 1 eller tilskot 2. Departementet føreslår å setje satsen for tilskot 1 til 155 400 kroner (eingangstilskot) for 2011 og satsen for tilskot 2 til inntil 776 800 kroner per år i inntil 5 år, det vil seie for same perioden som integreringstilskotet. Tilskota blir ikkje trekte frå ved fastsetjing av tilskot under toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester, jf. kap. 575, post 60.
Skoletilskot
Ved busetjing av barn i grunnskolealder får kommunane eit tilskot til språkopplæring. Tilskotet skal dekkje den kommunale eigendelen til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring. Satsen for 2011 vert føreslått til 10 500 kroner.
Tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar
Kommunane får eit særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, jf. kap 821, post 61. Kommunane kan også få refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege mindreårige flyktningar, jf. kap. 864, post 65.
Oppfølging og kontroll
Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap for integreringstilskotet. Gjennom Berekningsutvalet si kartlegging av kommunane sine utgifter til busetjing og integrering blir det kontrollert at det er eit rimeleg samsvar mellom dei gjennomsnittlege utgiftene og nivået på integreringstilskotet til kommunane, jf. kap. 821, post 70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging.
Integreringstilskotet er mellom anna med på å finansiere introduksjonsprogramma til kommunane. Deltaking i introduksjonsordninga og i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap i kommunen skal registrerast i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR), sjå rapportering under delmål 2.3 Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram.
Resultatrapport 2009/2010
Berekningsutvalet si kartlegging av kommunane sine utgifter som gjaldt integreringstilskotet i 2009, viser ein auke på 5,9 prosent. Utgifter til sosialhjelp har blitt reduserte, utgifter til introduksjonsstønad har auka, og utgifter til integreringstiltak og administrasjon av desse har auka.
I 2009 blei det utbetalt integreringstilskot for 3 141 mill. kroner. Det blei utbetalt eldretilskot for 14,6 mill. kroner, tilskot ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og åtferdsvanskar på 89,5 mill kroner og skoletilskot på 61,7 mill. kroner.
Budsjettforslag for 2011
Løyvinga på posten er føreslått auka med:
3 mill. kroner til integreringstilskot for barn som blir født inntil 6 månader etter at mor er busett i ein kommune.
27,2 mill. kroner til auka sats for einslege vaksne og einslege mindreårige.
3,75 mill. kroner til utviding av personkrinsen for kven som har rett og plikt til introduksjonsprogram.
I tillegg føreslår departementet å innlemme tilskotet til tiltak for barn av nykomne flyktningar som eit ekstratilskot i integreringstilskotordninga. Formålet med tilskotet er å gjere kommunar og private barnehageeigarar i stand til å gi barn av nykomne flyktningar eit barnehagetilbod når familien skal etablere seg i busetjingskommunen. Det vert i samband med dette føreslått å flytte 17,9 mill. kroner frå KDs kap. 231, post 60 til posten.
Regjeringa føreslår å ta imot ei kvote på 1 200 overføringsflyktningar for 2011. Av desse kan inntil 80 plassar nyttast til tiltak for gjenbusetjing av flyktningar. Midlane på kap. 820, post 01 og kap. 490, post 73 Gjenbusetjing av flyktningar – støttetiltak kan nyttast under kap. 821 post 60. Sjå eigen omtale under postane.
Det er føreslått ei løyving på 4 304,872 mill. kroner.
Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, overslagsløyving
Tilskotet er flytta til dette kapitlet i 2011, det låg tidlegare på kap. 854, post 64.
Formål
Løyvinga skal dekkje det særskilde tilskotet som blir utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar blir busett.
Tildelingskriterium
Alle kommunar er inkluderte i ordninga ved busetjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Tilskotet blir differensiert frå den månaden vedkommande blir busett. Tilskotet blir utbetalt til og med det året den einslege, mindreårige fyller 20 år. IMDi utbetaler tilskotet til kommunane, basert på talet på barn som blir busett i dei respektive kommunane.
Oppfølging og kontroll
I rundskrivet frå IMDi om tilskot blir det teke atterhald om at BLD eller IMDi og Riksrevisjonen skal ha tilgang til å setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnaden, jf. bevilgningsreglementet § 10.
Budsjettforslag 2011
Det er føreslått å auke tilskotet frå 119 556 kroner per barn per år i 2010 til 123 144 kroner i 2011, tilsvarande prisjustering.
Departementet føreslår ei løyving på 258,504 mill. kroner
Post 62 Kommunale innvandrartiltak
Formålet med tilskotsordninga er å styrkje integreringsarbeidet i kommunane. Midlane skal brukast til desse tiltaka:
Forsøk med gratis kjernetid i barnehagar for tre-, fire- og femåringar i område med ein stor del minoritetsspråklege barn.
Forsøksordninga Ny sjanse. Formålet med denne forsøksordninga er å prøve ut kvalifisering etter same modellen som introduksjonsordninga for innvandrarar som ikkje har tilknyting til arbeidslivet. Forsøket rettar seg mot innvandrarar frå utvalde land med særleg høg arbeidsløyse eller låg sysselsetjing (Pakistan, Marokko, Tyrkia, Somalia, Afghanistan og Irak). Kvinner frå desse landgruppene er ei hovudmålgruppe. Forsøket rettar seg òg mot kvinner som er heime, som ikkje tek del i noka opplæring eller kvalifisering, og som ikkje får sosialhjelp. Målet med forsøket er kvalifisering og formidling til ordinært arbeid.
Resultatrapport 2009/2010
Forsøk med språkkartlegging av fireåringar på helsestasjon
Forsøksordninga med systematisk kartlegging på helsestasjon av språkutviklinga til alle fireåringar i 12 kommunar blei starta i 2006. Ordninga vart vidareført i 2007, 2008 og 2009. Forsøksordninga blei avslutta ved utgangen av 2009.
Ordninga er omtalt under delmål 2.6.
Gratis kjernetid i barnehagar
Forsøket med gratis kjernetid i barnehagar i område med ein stor del barn med innvandrerbakgrunn starta i 2006 og er gradvis utvida. I 2009 blei det tildelt 50 mill. kroner til Oslo kommune til gratis kjernetid for alle fire- og femåringane i dei fire bydelane i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand. Denne løyvinga er vidareført med det same beløpet i 2010. I tillegg blei forsøket i 2010 utvida til treåringar i bydelen Gamle Oslo og i nokre område i Drammen kommune. Til forsøket for treåringar er det for 2010 sett av totalt 10 mill. kroner.
Drammen kommune har sidan 2007 fått midlar til eit avgrensa forsøk for fire- og femåringar. For 2009 var det tildelt 0,9 mill. kroner til Drammen til dette forsøket. Midlane er nytta til 60 barnehageplassar for minoritetsspråklege barn med eit gratis korttidsopphald på 17 timar per veke, og til tilbod til foreldre. Dette forsøket blei fasa ut ved avslutninga av barnehageåret 2009/2010.
Forsøket er omtalt under delmål 2.6.
Ny sjanse
I 2010 blei om lag 23 mill. kroner delt på 31 kommunar/bydelar. Av desse er 16 prosjekt i bydelar i Oslo. I fleire kommunar og bydelar er det fleire prosjekt samtidig. I 2010 kan kommunar som alt har eitt eller fleire Ny sjanse-prosjekt søkje om midlar, i tillegg til kommunar med stor innvandrarbefolkning og dei som har etablert lokalt NAV-kontor.
IMDi har i 2010 særleg fokus på å dokumentere metodar som blir utvikla i dei lokale forsøka. Kommunane kan søkje om særskilde midlar til å utarbeide slik dokumentasjon. IMDi har òg fokus på overføring av kompetanse og erfaringar mellom Ny sjanse-prosjekt og Kvalifiseringsprogrammet i NAV, som blir regulert i sosialtenestelova.
I 2009 ble det løyva 23,52 mill. kroner i Saldert budsjett.
I regjeringas pakke med tiltak for å dempe verknadene av finanskrisa fekk Ny sjanse tilført ytterlegare 15 mill. kroner i 2009. Tilleggsløyvinga blei fordelt på 19 av dei prosjekta som var i gang, og desse rekrutterte til saman 250 nye deltakarar, som alle hadde vore avhengige av sosialhjelp i fleire år.
Ordninga er omtalt under delmål 2.5.
Budsjettforslag for 2011
Departementet føreslår å flytte 0,4 mill. kroner frå kap. 840, post 21 og 10,5 mill. kroner frå kap. 840, post 70 til denne posten i samband med arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Vidare føreslår departementet å flytte 0,5 mill. kroner frå kap. 821, post 71 til denne posten til styrking av integreringsarbeidet for utsette grupper i innvandrarbefolkninga.
Departementet føreslår å løyve 107,179 mill. kroner på posten for 2011. I dette inngår ein auke på 7 mill. kroner til utviding av forsøket med gratis kjernetid i barnehagar.
68,8 mill. kroner til forsøk med gratis kjernetid i barnehagar. Gratis kjernetid for alle fire- og femåringar i Groruddalen og Søndre Nordstrand i Oslo kommune blir vidareført. Forsøket i Bydel Gamle Oslo blir vidareført i dialog med Oslo kommune. Forsøket for treåringar i område i Drammen blir vidareført, og det blir foreslått å utvide satsinga til å omfatte fireåringar i dei same områda i kommunen. I tillegg blir det foreslått å utvide satsinga til område i Bergen kommune med høg del barn med innvandrarbakgrunn. Satsinga i Bergen må sjåast i samanheng med forslag i Prop.1 S (2010-2011) for Kommunal- og regionaldepartementet om ein områdesatsing same stad.
26,979 mill. til vidareføring av Ny sjanse
10,9 mill. kroner til arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting.
0,5 mill. kroner til styrking av integreringsarbeidet for ustette grupper av innvandrarar
Post 70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging
Berekningsutvalet kartlegg kommunane sine utgifter til busetjing og integrering. Sosialkontor/sosialtenester, introduksjonsprogram/introduksjonsstønad, barne- og ungdomsverntenester, innvandrar- og flyktningkontortenester, tolketenester, omsorg for personar med rusproblem, støttekontakt, bustad-/og bustadadministrasjonstenester, sysselsetjingstiltak, yrkeskvalifisering og arbeidstrening, integreringstiltak i grunnskolen, kultur- og ungdomstiltak, barnehagar, utgifter til den kommunale helsetenesta og felleskostnader blir rekna som integreringstiltak.
Løyvinga skal dekkje to formål: utgifter knytte til busetjingsordninga og kartlegging av dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har til busetjing, integrering og norskopplæring.
Budsjettforslag for 2011
Departementet føreslår å flytte 350 000 kroner frå kap. 820, post 01 til denne posten i samband med arbeidet med kartlegginga til Berekningsutvalet.
Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner for 2011. Av desse skal 2,27 mill. kroner nyttast til kartlegginga Berekningsutvalet gjer av kommunane sine utgifter, og 1,75 mill. kroner til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.
Post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd
Tilskotsordninga på post 71 er delt i 1) tilskot til frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling, 2) tilskot til drift av landsdekkjande organisasjonar på innvandrarfeltet som arbeidar landsomfattande og/eller med problemstillingar av nasjonal karakter, 3) tilskot til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og 4) informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar. I tillegg gis det middel over denne posten til innsats for særlege utsette innvandrargrupper i samhøve med tiltaksplan mot fattigdom og til kontakt mellom innvandrarorganisasjonar og styresmaktene.
Frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling
Ordninga er todelt og gjeld støtte til a) drift av lokale innvandrarorganisasjonar og b) frivillig verksemd. Delar av løyvinga er øyremerka organisasjonar og aktivitetar i Groruddalen og Søndre Nordstrand. Hovuddelen av midlane blir fordelt av fylkeskommunane på bakgrunn av rundskriv frå IMDi. Midlane blir fordelt mellom fylkeskommunane ut frå talet på utanlandskfødde personar og barna deira som er fast busette i fylket og som er fødde utanfor Norden, Sveits, USA, Canada, Australia og New Zealand. Tal frå Statistisk sentralbyrå per 1. januar det føregåande året ligg til grunn for berekninga av tilskotet. Fylkeskommunane får 10 prosent av tilskotsramma i administrasjonstilskot.
Mål
Formålet med driftstilskot til lokale innvandrarorganisasjonar er å medverke til å styrkje organiseringa av innvandrarar lokalt og auke tilgjenge til sosiale nettverk for innvandrarar slik at innvandrarar skal kunne fremme felles interesser overfor lokale styresmakter.
Formålet med tilskotet til frivillig verksemd er å skape møteplassar i lokalsamfunn på tvers av etnisk og nasjonalt opphav.
Resultatrapport 2009/2010
14,25 mill kr blei sett av til fylkeskommunane i 2009. Av desse blei 1,46 mill. kroner brukt til administrasjon og 12,79 mill. kroner til fordeling. I tillegg blei det sett av 1,25 mill. kroner i statlege middel til lokalt arbeid i samband med Groruddalssatsinga og Handlingsprogram Oslo Sør.
I 2009 gjekk 41 prosent av løyvingane over fylkeskommunane si tilskotsordning til aktivitetar i regi av lokale innvandrarorganisasjonar, 26 prosent til drift av lokale innvandrarorganisasjonar og 33 prosent til aktivitetar drive av andre frivillige aktørar.
Tilskotsordninga blei noko endra i 2009, ved at tilskotet til frivillig virke i lokalsamfunn no retter seg inn mot å skape møteplassar på tvers av etnisk og nasjonalt opphav, og blir gitt til aktivitetar som medverker til dette. Vidare var det nytt i 2009 at også personar frå EØS-området, utanom Norden, inngår i berekninga av innvandrarfolketalet, og at organisasjonar med medlemmer frå land i EØS-området kan få driftsstøtte gjennom ordninga.
Samanlikna med 2008 var det for 2009 ein nedgang frå om lag 900 til 600 søkjarar som fekk støtte, ein nedgang på 30 prosent. Dette kan tolkast som om omlegginga av tilskotsordninga i 2009 har hatt ein effekt, men at potensielle tilskotsmottakarar ikkje fullt ut har tilpassa seg dei endra kriteria. Rapport for 2010 om bruk av midla vil kunne gi meir informasjon om effektane av omlegginga.
Landsdekkjande organisasjonar
Mål
Målet med tilskotsordninga for landsdekkjande organisasjonar er å leggje til rette for organisasjonar som arbeider for å sikre at alle har dei i same moglegheitene, rettane og pliktene når det gjeld å delta i samfunnet og å ta i bruk eigne ressursar.
Tilskotsposten er delt i to målområde. Det er høve til å gi støtte til landsdekkjande organisasjonar som
1. byggjer opp kompetanse om kva som fremmar inkludering og hindrar like moglegheiter, og som formidlar erfaringar og kompetanse til lokale og nasjonale styresmakter, og til innbyggjarane elles
og/eller
2. medverkar til å sikre rettane til asylsøkjarar og byggjer opp kunnskap om kva behov asylsøkjarar har for å ta vare på interessene sine i samfunnet.
Hovudvekta av støtta vil bli gitt til organisasjonar som rettar arbeidet sitt mot målområde 1.
Det blir høve til å gi støtte til organisasjonar som arbeidar landsomfattande og/eller med problemstillingar av nasjonal karakter. Organisasjonar som berre arbeidar lokalt, og som primært legg til rette for kontakt og dialog mellom personar med innvandrarbakgrunn og innbyggjarane elles, kan søkje støtte til drift av lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd i lokalsamfunn gjennom fylkeskommunen. Organisasjonane må, som hovudregel, representere interessene til innvandrarar i Noreg på tvers av nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Organisasjonane må opparbeide og formidle kunnskap basert på erfaring og på brei kontaktflate og solid forankring i ulike innvandrarmiljø. Organisasjonar utan slik forankring kan søkje om tilskot over andre tilskotsposter eller poster for forsking og utgreiing. Nye organisasjonar må ha andre arbeidsformer eller andre målgrupper enn organisasjonar som får midlar frå tilskotsordninga.
Resultatrapport 2009/2010
I 2009 fekk ti organisasjonar tildelt totalt 13,9 mill. kroner. For nærmare omtale sjå Prop. 1 S (2009-2010) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
For 2010 har per 9. september ni organisasjonar fått tildelt totalt 13,9 mill. kroner. Antirasistisk Senter (ARS), Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO), Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA), Minotenk – Minoritetspolitisk tenketank, MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner, Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS), Organisasjonen Mot Offentlig Diskriminering (OMOD), Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) og Human Rights Service (HRS). IMDi har innhenta opplysningar om HRS i samband med sak omtalt i media. Opplysningane gir ikkje grunnlag for krav om tilbakebetaling av tilskot som HRS har motteke frå IMDi i perioden 2006-2009. HRS har innfridd dei formelle krava som har vore stilt frå IMDi si side ved tildeling av tilskot.
Frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap
Mål
Frivillige organisasjonar kan søkje om støtte til arbeid mot tvangsekteskap. Dette er eit tiltak i Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008–2011). Ordninga blir forvalta av IMDi.
Målet med ordninga er å mobilisere frivillige organisasjonar til å førebyggje tvangsekteskap gjennom å motarbeide undertrykkjande haldningar og praksis i aktuelle miljø og dermed auke sjansane for at dei unge kan ta sjølvstendige val.
Det blir gitt støtte til haldningsskapande og førebyggjande arbeid, inkludert informasjonstiltak, nettverksbygging og andre former for dialog og kontakt retta mot unge med innvandrarbakgrunn og foreldra deira. Det er ein føresetnad at ein ser alle sider ved problemet, slik at det blir ei samanhengande tiltakskjede mot tvangsekteskap. Støtte til akutt hjelp, kriseberedskap, informasjonstelefon, jf. tiltak 29 i handlingsplanen, blir gitt over ei eiga ordning.
Målgruppa for tilskot vil primært vere eksisterande nasjonale og andre frivillige organisasjonar med kompetanse og nettverk i aktuelle miljø. Organisasjonane kan også søkje støtte til prosjekt i område som IMDi sine integreringsrådgivarar dekkjer. Det er ein føresetnad at ein skal sjå tiltaka i samanhang med arbeidet som organisasjonane har retta mot dei same målgruppene i Noreg. Det er viktig at erfaringar, perspektiv og nettverk som kvinner og ungdom med innvandrarbakgrunn har, blir brukte i arbeidet mot tvangsekteskap.
Prosjekt og tiltak der fleire aktørar samarbeider for å få til ei heilskapeleg satsing og styrking av tiltakskjeda, vil bli prioriterte. Det er ønskjeleg at organisasjonane samarbeider med det offentlege hjelpeapparatet. Eit mål med ordninga for det førebyggjande arbeidet er at organisasjonar skal drive prosjekt som innhaldsmessig kjem i tillegg til og representerer noko nytt samanlikna med tidlegare tiltak. Vidare skal ordninga medverke til auka samarbeid og kunnskapsdeling på tvers av organisasjonar og prosjekt.
Det er høve til å gi støtte til aktivitetar knytte til prosjekt og tiltak, og nødvendig administrasjon av desse, men ikkje til generell drift av organisasjonane. Det er ein føresetnad for støtte at organisasjonane bidreg økonomisk. Løyvinga dekkjer kunnskaps- og erfaringsformidling og forvaltinga av ordninga i regi av IMDi.
Resultatrapport 2009/2010
I 2009 blei det sett av 10 mill. kroner til frivillige organisasjonar haldningsskapande/førebyggjande arbeidet på feltet. For nærmare omtale sjå Prop. 1 S (2009-2010) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
For 2010 blei det sett av 10 mill. kroner til dette formålet og 23 frivillige organisasjonar har fått støtte: Den iraksiske kurdiske asylsøker og flyktninger organisasjon i Norge (IKAF), Det norske råd for kurdernes rettigheter (RKR), Drammen Røde Kors, Helse og sosialgruppe for innvandrere IHSG), Kristent interkulturelt arbeid (KIA- Trondheim), Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH- Trondheim), Minhaj konfliktråd, MiRA Ressurssenter for innvandrer-og flyktningkvinner (MiRA), Norsk Folkehjelp, Primærmedisinsk verksted (PMV), Selvstendig demokratisk kurdisk kvinneforening (SDKK), Sisters of Lillesand, Skeiv Verden Oslo og Akershus, Stiftelsen Internasjonalt Hus, Stiftelsen Kirkens Bymisjon Bergen, Stiftelsen Oslo Krisesenter og Utrop. Sju organisasjonar sett i gang nye prosjekt: African Health and Social Development, Den palestinske forening i Rogaland, Minotenk – Minoritetspolitisk tenketank, Palestinaforening, Samfunnsstiftelsen Ungdom mot Vold og Scilo Norge.
Det er gitt støtte til prosjekt som rettar seg mot grupper og enkeltpersonar gjennom nettverksarbeid, konferansar, temakveldar, dramagrupper, empowerment-kurs og ein nettstad. Minoritetsrådgivarane er involverte i oppfølging av prosjekta.
Informasjon og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar
Mål
Innvandrarar skal få informasjon som er tilpassa behova deira. Særleg nykomne treng kunnskap om og innføring i det norske samfunnet. Mange vil også trenge rettleiing for å styrkje deltakinga i lokalsamfunnet. Sidan 2008 har det vore sett av midlar til ei ordning der frivillige organisasjonar kan gi målretta informasjon og rettleiing til innvandrarar. Innanfor denne ordninga blir det òg tildelt midlar til frivillige organisasjonar sitt arbeid med busetjing og integrering av flyktningar og med inkludering av innvandrarar i lokalsamfunnet. I 2010 er ordninga med tilskot også utvida til å omfatte vidareføring av samarbeidsavtaler mellom IMDi og frivillige organisasjonar som medverkar til integrering av busette flyktningar i kommunane.
Tilskotsordninga er styrkt i 2009 og 2010. Ordninga blir forvalta av IMDi.
Resultatrapport 2009/2010
Innanfor ordninga er det sett av 5,588 mill kroner. 20 organisasjonar har fått støtte i 2010. Av desse er det seks vidareføringar frå 2009. Støtta har mellom anna gått til ulike frivilligsentralar, Oslo katolske bispedømme og eit prosjekt retta mot polske arbeidsinnvandrarar i regi av Tømrer og Byggfagforeningen. I tillegg har dei seks frivillige organisasjonane som IMDi har samarbeidsavtaler med, motteke støtte i 2010. Desse er Raudekrossen i Noreg, Norsk Folkehjelp, Norges Fotballforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening, Redd Barna og Frivillighet Norge. Eksempel på prosjekt er nettverksbygging i lokalsamfunn, opplæring i å etablere organisasjonar og informasjon om rettar for minoritetar.
Innsats for særlege utsette innvandrargrupper og dialog mellom innvandrarorganisasjonar og styresmaktene
Resultatrapport 2009/2010
For 2009 var det satt av 2 mill. kroner til innsats for særlege utsette innvandrargrupper i henhold til tiltaksplan mot fattigdom. Av denne løyvinga gjekk 1,4 mill kr til Primærmedisinsk verkstad. Resten av midla vil bli nytta til tiltak retta mot somaliarar i Noreg, primært i regi av Oslo kommune.
Det er sette av 300 000 kr til dialog mellom innvandrarorganisasjonar og styresmaktene. Midla er mellom anna nytta til workshop for unge somaliarar.
Budsjettforslag for 2011
Departementet føreslår å flytte 500 000 kroner frå denne posten til kap. 821, post 62 i samband med regjeringas innsats for å styrkje integreringsarbeidet for utsette grupper blant innvandrarar.
Departementet føreslår ei løyving på 48,46 mill. kroner på posten for 2011. Av dette er 14 mill. kroner sette av til landsdekkjande organisasjonar på innvandrarfeltet og 0,3 mill. kroner til kontakt mellom innvandrarorganisasjonar og styresmakter. 15,6 mill. kroner er sette av til lokale innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd i lokalsamfunn, derav 1,25 mill. kroner til organisasjonar og aktivitet i Groruddalen og Søndre Nordstrand. På posten er det også sett av 1,5 mill. kroner til innsats for særleg utsette innvandrargrupper i samsvar med Tiltaksplan mot fattigdom. Det er sett av 10 mill. kroner til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og 7,06 mill. kroner til informasjon og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar.
Post 72 Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m.
Løyvinga skal finansiere den faglege og administrative gjennomføringa av autorisasjonsprøven for tolkar. Gjennom autorisasjonsordninga kan tolkar få dokumentert at dei har den grunnkompetansen i tolking som er nødvendig for å utføre tolkearbeid på ein fullgod måte. Tilgang på godt kvalifiserte tolkar er avgjerande for å sikre at fagpersonar og offentleg tilsette skal kunne informere, rettleie og høyre partane på tross av språkbarrierar, slik at innvandrarar får eit likt tilbod som resten av innbyggjarane. Tilgangen på kvalifiserte tolkar er i dag for låg i forhold til behovet, og det må autoriserast tolkar med fleire språk. Per 31. juli 2010 har 175 tolkar i 21 språk fått løyve som statsautorisert tolk. Av desse er 61 prosent kvinner. Autorisasjonsprøva er svært krevjande, og 86 prosent av kandidatane strauk i 2009. Strykprosenten er noko lågare for kandidatar med grunnutdanning i tolking.
Oppfølging av Nordisk språkkonvensjon
Formålet med løyvinga er å følgje opp den forpliktinga Noreg har etter Nordisk språkkonvensjon. Oppfølgingsarbeidet er delegert til Norsk-finsk informasjons- og språksenter, som rapporterer til IMDi. Språksenteret er eit kompetansesenter for tolking og omsetjing mellom norsk og finsk, og ligg i Finnmark fylkeskommune. Tolketenestene er primært regionale, medan omsetjingstenestene er landsdekkjande. Senteret driv i tillegg informasjonsverksemd. IMDi bidreg med å gjere språkkonvensjonen kjend og følgjer opp det nordiske samarbeidet rundt konvensjonen, som ligg under Nordisk Råd.
Budsjettforslag for 2011
Departementet føreslår å flytte 150 000 kroner frå kap. 820, post 01 til denne posten.
Departementet føreslår ei løyving på 2,369 mill. kroner.
Post 73 Tilskot
Løyvinga blir nytta til tilskot til deltaking i internasjonale kunnskapsforum om migrasjon og integrering og inkludering av innvandrarar og til tilskot til prosjekt.
Resultatrapport 2009/2010
Løyvinga er mellom anna nytta til tilskot til deltaking i Transatlantic Council on Immigration og til Universitetet i Oslo sitt opplæringsprogram for religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn.
Budsjettforslag for 2011
Departementet føreslår å flytte 96 000 kroner frå kap. 840, post 21 og 3 mill. kroner frå kap. 840, post 70 til denne posten i samband med arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting.
Departementet føreslår ei løyving på 4,62 mill. kroner.
Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter | 71 767 | 74 000 | 79 887 |
02 | Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter | 44 900 | 51 917 | 21 447 |
Sum kap. 3821 | 71 767 | 74 000 | 101 334 |
Rekneskapstala er flytta frå kap. 3651 og 3854 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar i kommunane kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ein føreslår at 79,887 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post 60 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3821, post 01.
Post 02 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar i kommunane kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ein føreslår at 21,447 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post 61 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3821, post 02.
Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
21 | Spesielle driftsutgifter, opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan overførast | 15 782 | 16 180 | 21 682 |
22 | Norskprøver for vaksne innvandrarar | 11 027 | 14 450 | 14 898 |
60 | Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 1 496 267 | 1 679 686 | 1 628 069 |
Sum kap. 822 | 1 523 076 | 1 710 316 | 1 664 649 |
Rekneskapstala er flytta frå kap. 653 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Post 21 Spesielle driftsutgifter – opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan overførast
Formål
Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar skal ha høg kvalitet. Det krev systematisk, langsiktig og målretta utviklingsarbeid. Løyvinga skal nyttast til å utvikle kompetanse, metodar, lærebøker og andre læringsressursar for den obligatoriske opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.
Oppfølging og kontroll
Vox er pålagt å rapportere til Barne-, likestilings- og inkluderingsdepartementet, og det vil bli halde møte på bakgrunn av desse rapportane.
Resultatrapport 2009/2010
I 2009 blei det tildelt 16,433 mill. kroner (inkl. overføringar frå 2008) til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. For nærmare omtale sjå Prop. 1 S (2009-2010) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
I 2010 blei det tildelt 16,18 mill. kroner til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. Midlane er fordelte mellom Vox, IMDi og fylkesmennene med respektive 11,83 mill. kroner, 2,45 mill. kroner og 1,9 mill. kroner. Midlane til Vox dekkjer mellom anna lønn til dei tilsette i Vox som arbeider med faglege og pedagogiske utviklingsoppgåver som gjeld opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Det er eit nært samarbeid mellom Vox og IMDi.
I 2009 blei det gjennomført leiarsamlingar, todagars, regionvise etterutdanningskurs for lærarar, pedagogiske fagdagar, grunnkurs i samfunnskunnskap og kurs i å førebyggje vald i barneoppsedinga. Til saman hadde desse samlingane og kursa om lag 3 400 deltakarar. Mange lærarar deltek på fleire kurs. Vox har òg ansvaret for ei godkjenningsordning for private tilbydarar av opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Vox lyste ut 1,4 mill. kroner til utvikling av læremiddel i 2009. Pengane blei brukte til læremiddel i språkpermmetodikk der arbeidsdomenet står sentralt, læremiddel som kan eigne seg for analfabetar og deltakarar med lese- og skrivevanskar og læringsressursar til bruk for døve. Læreverk i samfunnskunnskap låg føre på to nye språk i 2009. Det er utarbeidd ein plan for å omsetje læremiddel til nynorsk. Vox har utvikla og halde ved like opplæringsmateriell retta mot førebygging av tvangsekteskap, kjønnslemlesting og vald i nære relasjonar. Dette er ei oppfølging av tiltak i Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008–2011), Handlingsplanen mot kjønnslemlesting (2008–2011) og handlingsplanen Vald i nære relasjonar (2008–2011). I 2010 vil Vox ta opp vald mot barn og vald i barneoppsedinga i etterutdanningskursa for lærarar.
Budsjettforslag for 2011
Departementet føreslår ei løyving på 21,682 mill. kroner for 2011. Løyvinga skal dekkje lønns- og driftsutgifter for tilsette ved Vox, kurs for lærarar, tilskot til utvikling av lærebøker og eventuelle andre tiltak som kan bidra til å utvikle kvaliteten på og innhaldet i opplæringa.
Departementet føreslår å auka løyvinga på posten med 5 mill. kroner til utvikling av obligatoriske avsluttande prøver i norsk.
Post 22 Norskprøver for vaksne innvandrarar
I Læreplanen for norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, som er ei føresegn til introduksjonslova, er det fastsett at det skal vere to avsluttande prøver i norsk, Norskprøve 2 og 3. Norskprøve 3 prøver norskkunnskapar på eit høgare nivå enn Norskprøve 2. Formålet med denne løyvinga er å sikre gode prøver og ei effektiv gjennomføring av dei.
Resultatrapport 2009/2010
Kvar norskprøve består av ein munnleg og ein skriftleg del. I 2009 blei det gjennomført 23 238 munnlege og skriftlege prøver. Til samanlikning blei det i 2008 gjennomført 18 199 munnlege og skriftlege prøver. I 2009 fornya Vox etter offentleg utlysning avtala med Studieforbundet Folkeuniversitetet om gjennomføringa av prøvene.
Budsjettforslag for 2011
Departementet føreslår ei løyving på 14,898 mill. kroner, som omfattar utgifter til å utvikle prøver, til å gjennomføre prøvene, til sensur og tilbakemelding til opplæringsstadene om resultata.
Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Formål
Målet med tilskotsordninga er å sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, slik at dei lærer tilstrekkeleg norsk dei første fem åra dei er i landet til at dei kan fungere i yrkes- og samfunnslivet.
Opplæringa skal starte så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter at krav eller søknad om deltaking er fremma, og ho skal halde god progresjon. Opplæringa skal skje i samsvar med introduksjonslova med forskrifter. Kommunane skal tilby asylsøkjarar norskopplæring.
Tilskotet skal stimulere kommunane til å fremme effektivitet, gjennomstrøyming og resultat i opplæringa, mellom anna gjennom interkommunalt samarbeid. Kommunane kan behalde eit eventuelt overskot av tilskotet dersom dei effektiviserer opplæringa gjennom formålstenleg organisering og god kvalitet innanfor ramma av lov og føresegner.
Tildelingskriterium
Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova omfattar tre delar: persontilskot (tidlegare per capita-tilskot), resultattilskot og grunntilskot.
Persontilskot
Kommunen vil få tilskot for kvar person i målgruppa med rett og plikt eller rett til opplæring som har fått opphalds- eller arbeidsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve etter 1. september 2005. Tilskotet har to satsar, éin for personar frå Afrika, Asia, Oseania (eksklusiv Australia og New Zealand), Aust-Europa, Sør-Amerika og Mellom-Amerika og ein lågare sats for personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Grunngivinga for å ha to satsar er at dei som har morsmål som ligg nærmare norsk og meistrar det latinske alfabetet, lærer norsk raskare enn andre. Ved fastsetjinga av storleiken på satsane er det teke utgangspunkt i det forventa behovet for opplæring basert på erfaringar og data som ligg føre.
Til og med 2009 blei persontilskotet fordelt over fem år. Bakgrunnen er at kommunane har plikt til å tilby opplæring i inntil fem år frå den enkelte har fått opphalds- eller arbeidsløyve første gongen. Tilbakemeldingar frå kommunane viser at dei har den største delen av utgiftene for den enkelte dei første tre åra. Årsaka er at dei fleste gjennomfører opplæringa dei første to–tre åra dei er i Noreg. I samsvar med dette blei det lagt om til ei utbetaling over tre år frå og med 2010. I ein overgangsperiode medfører det at ein må ha forskjellige satsar for dei som er omfatta av rett og plikt / rett til opplæring før og etter 1. januar 2010.
Tabell 3.2 Satsar for persontilskotet
2009 | 2010 Utbetaling over 5 år | 2010 Utbetaling over 3 år | 2011 Utbetaling over 5 år | 2011 Utbetaling over 3 år | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tilskotsår | Låg sats | Høg sats | Låg sats | Høg sats | Låg sats | Høg sats | Låg sats | Høg sats | Låg sats | Høg sats |
År 1 | 8 600 | 23 000 | 9 000 | 24 400 | 10 400 | 27 000 | 9 000 | 24 400 | 11 300 | 28 800 |
År 2 | 12 300 | 32 800 | 13 200 | 34 200 | 18 200 | 48 500 | 13 200 | 34 200 | 19 200 | 50 600 |
År 3 | 10 900 | 29 300 | 11 100 | 30 000 | 11 700 | 31 900 | 11 100 | 30 000 | 11 700 | 31 900 |
År 4 | 3 500 | 9 400 | 3 500 | 9 400 | 3 500 | 9 400 | ||||
År 5 | 3 500 | 9 400 | 3 500 | 9 400 | 3 500 | 9 400 | ||||
Sum | 38 800 | 103 900 | 40 300 | 107 400 | 40 300 | 107 400 | 40 300 | 107 400 | 42 200 | 111 300 |
Resultattilskot
Formålet med dette tilskotet er å setje søkjelyset på resultat og gjennomstrøyming i opplæringa. Tilskotet omfattar innvandrarar som har rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. I 2011 vil tilskotet vere på 5 700 kroner per bestått munnleg og skriftleg del av Norskprøve 2 og 3. Det inneber at resultattilskotet vil kunne variere frå 5 700 til 22 800 kroner per person, avhengig av kor mange prøver den enkelte går opp til og består.
Grunntilskot
For å betre dei økonomiske rammevilkåra for dei små og mellomstore kommunane er det etablert eit grunntilskot for kommunar med 150 personar eller færre i personkrinsen for rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova. Tilskotet blir utbetalt i to satsar, høg sats til dei kommunane som har 4–150 personar i personkrinsen og låg sats til dei som har 1–3 personar i personkrinsen. Høg sats vil vere om lag 410 000 kroner og låg sats om lag 160 000 kroner. Talet på personar i personkrinsen registrerte i NIR per 15. januar 2011 vil liggje til grunn for den endelege fastsetjinga av satsane og utbetalinga til kommunane. Tilskotet gjer det også lettare for kommunar som ikkje har busett flyktningar tidlegare, å etablere opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
Norskopplæring for asylsøkjarar i mottak
Norskopplæringa omfattar asylsøkjarar i ordinære mottak som er over 16 år, og som ikkje har fått endeleg vedtak. Ordninga gjeld ikkje personar over 18 år som er omfatta av Dublin-prosedyren. Asylsøkjarar som er lenge i transittmottak fordi dei har store helseproblem, kan få norskopplæring. Asylsøkjarar kan få inntil 250 timar opplæring. Opplæringa skal avsluttast når den enkelte har fått 250 timer, eller når ho eller han har fått avslag utan utsetjande verknad. Asylsøkjarar som får positivt vedtak, har rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova.
Kommunane får tilskot per person som er omfatta av norskopplæring for asylsøkjarar. Heile tilskotet for den enkelte blir utbetalt det året asylsøkjaren kjem til eit ordinært mottak. Satsen for 2011 er 17 200 kroner.
Oppfølging og kontroll
IMDi har frå 1. januar 2009 hatt ansvaret for å forvalte dette tilskotet på nasjonalt nivå, og fylkesmennene har ansvar for tilskotsforvaltinga på regionalt nivå. Departementet er i ferd med å vurdere om ein skal leggje heile ansvaret til IMDi.
Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap verken for tilskot til opplæring etter introduksjonslova eller tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar. Gjennom den årlege kartlegginga frå Berekningsutvalet vil ein få oversikt over om det er eit rimeleg samsvar mellom kommunane sine utgifter til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og statstilskotet. Gjennomført norskopplæring for den enkelte som er omfatta av rett og plikt til opplæring, blir registrert i NIR. Norskopplæring for asylsøkjarar blir også registrert i NIR. Dersom kommunane gjennomfører opplæring etter introduksjonslova og norskopplæring for asylsøkjarar til ein lågare kostnad enn det tilskotet dei har motteke, beheld dei tilskotet uavkorta. Dersom tilskotet er utbetalt på feilaktig grunnlag, vil det bli gjort ei avrekning. Kommunane er ikkje forplikta gjennom lov til gi asylsøkjarar norskopplæring, men når dei har motteke tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar, må dei gi norskopplæring i samsvar med retningslinjene for dette tilskotet. Dersom norskopplæring for asylsøkjarar ikkje er gjennomført som forventa, vil det etter ei konkret vurdering kunne bli aktuelt å krevje tilskotet tilbakebetalt.
Resultatrapport 2009/2010
Berekningsutvalet si kartlegging for 2009 viser at utgiftene har stige frå 2008 til 2009. Berekningsutvalet kartlegg utgifter med og utan utgifter til lokale. Dersom ein reknar med utgifter til lokale, har utgiftene auka med 8,6 prosent, og utan lokalutgifter har dei auka med 8,7 prosent. I snitt hadde kommunane ei inntekt på 1 070 kroner per time i 2009. Utgifta var i snitt på 1 020 kroner eksklusive utgifter til lokale og 1 240 kroner per time inklusive utgifter til lokale. I 2009 dekte tilskotet og andre inntekter 86,2 prosent av kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, medrekna utgifter til lokale. I 2008 dekte inntektene 86,5 prosent av utgiftene.
I perioden frå 1. september 2005 til 1. september 2010 kunne innvandrarar som ikkje var omfatta av rett og plikt eller rett til opplæring etter introduksjonslova, få gratis opplæring etter ei overgangsordning. Mange kommunar oppfordra aktivt innvandrarar til å nytte seg av dette høvet, noko som førte til at mange innvandrarar som elles ikkje ville ha gjort det, lærte norsk.
Frå 1. januar 2010 har Longyearbyen lokalstyre ansvar for norskopplæring på Svalbard innanfor ramma av kap. 480 post 50 (Svalbardbudsjettet).
Budsjettforslag for 2011
Departementet føreslår ei løyving på 1 628,069 mill. kroner for 2011.
Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter | 142 884 | 175 731 | 94 320 |
Sum kap. 3822 | 142 884 | 175 731 | 94 320 |
Rekneskapstala er flytta frå kap. 3653 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 94,32 mill. kroner av utgiftene på kap. 822, post 60 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3822, post 01.
Kap. 823 Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 5 581 | 6 060 | 6 312 |
Sum kap. 823 | 5 581 | 6 060 | 6 312 |
Rekneskapstala er flytta frå kap. 652 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009.
Status for verksemda
Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene (KIM) skal vere eit rådgjevande og uavhengig organ for styresmaktene og eit forum som kan fremme synspunkt frå innvandrarbefolkninga til offentlegheita.
Utvalet skal vere ein kompetent høyringsinstans på dei politikkområda som vedkjem innvandrarar og barna deira, og skal sjølv ta initiativ til å setje aktuelle saker på den politiske og offentlege dagsordenen. KIM skal, gjennom medlemmene sine, vere i kontakt med og utveksle synspunkt og erfaringar med innvandrarorganisasjonar og –miljø i regionane.
For å ivareta rolla som rådgjevande organ, har KIM kontakt med offentlege styresmakter, fag- og forskingsmiljø, politiske parti, interesseorganisasjonar og andre relaterte samarbeidspartnarar. Utvalet møtes minst fire gongar i året.
KIM vedtek sjølv sine satsingsområde for kvar utvalsperiode. Satsingsområda indikerer kva saker KIM vil prioritere i utvalsperioden, men utvalet vil også setje søkjelyset på andre saker om nødvendig.
KIM består av leiar og 23 medlemmar med innvandrarbakgrunn frå alle fylka i Noreg. Alle fylka har ein representant og ein vararepresentant i utvalet, med unntak av Oslo og Akershus som har høvesvis tre og to representantar og tilsvarande tal vararepresentantar. Medlemmane i KIM skal representere bredde blant innvandrarbefolkninga.
Resultatrapport 2009/2010
2009 var eit aktivt år for KIM, med auka aktivitetsnivå samanlikna med 2008. Til dømes har utvalet hatt dei fleire møte med styresmaktene, fleire medieoppslag og meir regional aktivitet. KIM deltek i referansegrupper og utval og held fleire foredrag og innlegg, også internasjonalt. Viktige saker i 2009 var mellom anna knytte til finanskrisa, statsborgarlova, Østbergutvalet, framstilling av innvandrarar i media og godkjenning av utanlandsk kompetanse.
KIM har, med økonomisk støtte frå KRD, arrangert ei rekkje debattar og møte for å auke valdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn i stortingsvalet 2009. Mellom anna har KIM hatt møte med dei politiske partia og ungdomspartia om kor viktig det er å ha representantar med innvandrarbakgrunn på vallistene, og kor viktig det er å setje saker som innvandrarar er opptekne av, på dagsordenen. Satsinga på valdeltaking har medført auka regional aktivitet i KIM.
I 2009 gjennomførte IMDi, i samarbeid med KIM sitt sekretariat, ein nominasjonsprosess for å føreslå medlemmer til eit nytt KIM for perioden 2010–2013. Det nye utvalet vart sett i kraft 1. januar 2010.
Post 01 Driftsutgifter
KIM hadde i samsvar med Statens sentrale tenestemannsregister ei bemanning per 1. mars 2010 tilsvarande 5,5 årsverk.
Departementet føreslår ei løyving på 6,312 mill. kroner til drift av KIM i 2011.
Kap. 3823 Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene
På post 01 Diverse inntekter vil det bli rekneskapsført enkelte inntekter av mindre omfang.
Programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering
Hovudinnhald og prioriteringar
Regjeringa har som mål at kvinner og menn skal kunne delta i arbeidslivet og dele på omsorgsoppgåvene i heimen. Slik kan samfunnet få nytte av all den kompetansen som finst blant innbyggjarane, og både kvinner og menn kan få brukt og utvikle evnene sine på ulike arenaer. Den likestilte familien er mest robust i dagens samfunn. For å nå målet om likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv, er det nødvendig å sjå familie-, likestillings- og arbeidslivspolitikken i samanheng. Det er viktig med tilrettelegging, slik at kvinner kan halde ved lag tilknytinga til arbeidslivet og ikkje får for lange avbrekk i småbarnsfasen. Den beste strategien for å styrkje kvinnene sin posisjon i arbeidslivet, er å stimulere fedrane til å ta ein større del av omsorgsoppgåvene heime. Regjeringa har styrkt fedrane sin rett til foreldrepengar, og fedrane sitt uttak av foreldrepermisjon har auka. Departementet samarbeider med dei største organisasjonane i arbeidslivet for å skape merksemd om fedrane sine rettar og om behovet for å stimulere fedrar til å ta rettane i bruk. Dette arbeidet vil halde fram.
Likelønn mellom kvinner og menn er ein føresetnad for likestilling. Likelønn er først og fremst eit ansvar for partane i arbeidslivet, men mangelen på likelønn er eit problem som krev ei brei tilnærming. Regjeringa vil derfor leggje fram ei melding for Stortinget hausten 2010 der ein drøftar ulike tiltak med sikte på å jamne ut kjønnsbaserte lønnsforskjellar. Meldinga er ei oppfølging av Likelønnskommisjonen si utgreiing.
Det er eit viktig mål å gi barna trygge og stabile oppvekstvilkår. Det er nødvendig med balanse mellom familie- og arbeidsliv for foreldra og generelt gode vilkår for barnefamiliane, mellom anna gjennom økonomiske overføringar og permisjonsordningar. Departementet legg òg stor vekt på tiltak for å styrkje samliv i parforhold, skape gode relasjonar og slik førebyggje samlivsoppløysing. I samband med samlivsbrot skal barn og foreldre ha tilbod om hjelp for å redusere verknader for barna av konfliktar mellom foreldra. Samtalegrupper for barn som får problem på grunn av konfliktar mellom foreldra i samband med samlivsbrot, er eit nytt tiltak som regjeringa ønskjer at fleire skal få tilbod om. Departementet vil vurdere tiltak som kan sikre ei best mogleg handsaming av saker for domstolane der det er eit høgt konfliktnivå knytt til bustad og samvær. Ein vil òg styrkje informasjon til foreldre om godt foreldreskap. Familievernkontora som finst over heile landet, har ei viktig rolle når det gjeld parterapi og konfliktløysing. Familievernet er òg grunnstammen i meklingsapparatet. Siktemålet med foreldremekling er at foreldra skal kome fram til gode avtaler om barna etter samlivsbrot.
Vald mot kvinner er eit alvorleg og omfattande samfunnsproblem, og regjeringa arbeider både for å førebyggje valden og for å sikre tilbod til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar (2008-2011) Vendepunkt er eit viktig grunnlag for innsatsen på området. Berre ein liten del av alle menn er valdsutøvarar, men det er hovudsakleg menn som utøver alvorleg vald i nære relasjonar. Menn sit derfor i stor grad med nøkkelen til endring, og departementet vil arbeide for å få menn med i kampen mot vald mot kvinner. Regjeringa er òg i ferd med å etablere eit landsdekkjande tilbod til valdsutøvarar, mellom anna gjennom støtte til etablering av nye Alternativ til vold-kontor. Det er eit mål å betre tilgjenget til incestsentra og valdtektssentra for alle aktuelle brukargrupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne og personar med etnisk minoritetsbakgrunn, og å styrkje tilbodet til gutar og menn som er utsette for incest og seksuelle overgrep.
Likestillingspolitikken må vere i stadig utvikling og byggje på kunnskap om dei utfordringane vi står overfor. Regjeringa har derfor sett ned eit offentleg utval som skal greie ut norsk likestillingspolitikk med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse. For å summere opp og tydeleggjere politikken på likestillingsfeltet, tek regjeringa sikte på å leggje fram ein handlingsplan for kjønnslikestilling hausten 2010. Planen skal gjelde for perioden 2011–-2014 og skal mellom anna vere eit verkemiddel for å nå målet om integrering av eit likestillingsperspektiv i all offentleg politikk.
Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den enkelte og samfunnet, og regjeringa arbeider for eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle, uavhengig av mellom anna kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet. Utvikling og effektiv handheving av diskrimineringslovgivinga er sentralt i arbeidet med å fremme gode verkemiddel mot diskriminering på ulike grunnlag. Departementet arbeider òg med oppfølging av handlingsplanar med mange ulike tiltak for å motverke diskriminering. Dette gjeld planen Bedre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (2009–-2012), Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012) og handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–-2013). BLD koordinerer arbeidet med oppfølging av planane, men fleire andre departement og andre aktørar er involverte.
God forskingsbasert kunnskap er eit viktig grunnlag for politikkutforminga, og departementet disponerar midlar til forsking, både programløyvingar til Noregs forskingsråd og prosjektløyvingar med sikte på å styrkje kunnskapsgrunnlaget på dei ulike saksområda. Departementet driv òg informasjonsverksemd retta mot allmenta og gir tilskot til frivillige organisasjonar som arbeider for likestilling og mot diskriminering. Barne-, ungdoms- og familieetaten og Arbeids- og velferdsetaten forvaltar ei rekkje verkemiddel på saksområdet.
Mål
For 2011 blir desse måla prioriterte:
Hovudmål | Delmål |
---|---|
3. Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv | 3.1: Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna |
3.2: Ei velfungerande og tilgjengeleg familievern- og foreldremeklingsteneste | |
3.3: Eit godt grunnlag for å vidareutvikle likestillingspolitikken i eit livsløps-, klasse- og etnisitetsperspektiv | |
3.4: Eit familievennleg arbeidsliv | |
3.5: Likelønn mellom menn og kvinner | |
3.6: Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar | |
4. Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av bl.a. kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet | 4.1: Utvikling og effektiv handheving av likestillings- og diskrimineringslovgivinga |
4.2: Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne | |
4.3: Gode verkemiddel for å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne |
Resultatrapport og strategiar
Delmål 3.1: Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna
Resultatrapport 2009/2010
Stabile samliv
Tilbod om samlivskurs
Tilskotsordninga til samlivstiltak blei ført vidare. Målgruppa er organisasjonar som arbeider for å styrkje og halde ved like parforhold. Målet med ordninga er å styrkje samliv i parforhold, skape gode relasjonar og førebyggje samlivsoppløysing og gi barna trygge og stabile oppvekstvilkår. Av løyvinga var 3 mill. kroner øyremerkte til tiltak for å fremme likestilling mellom foreldre, til dømes pappagrupper og kompetanseoppbygging for meklarar. I marknadsføring og gjennomføring av samlivskurs blir det lagt vekt på at kursa skal appellere til både kvinner og menn, og at begge kjønn skal ha utbyte av kursa.
Reform – ressurssenter for menn fekk, i samarbeid med Voksenopplæringsforbundet (VOFO), i oppdrag å utarbeide kursmateriell til bruk i studiegrupper for fedrar med små barn (pappagrupper). Målgruppa er fedrar i samliv, og opplegget skal ha eit samlivsperspektiv. Modellen blei utprøvd vinteren 2010 gjennom sju lokale forsøksgrupper (pilotar) i fem kommunar. Røynslene frå gruppene om organisering, innhald og metode vil bli brukte i utforming av endeleg opplegg. Eit ferdig studieopplegg er lansert i 2010.
Ivaretaking av barna sitt beste
Godt regelverk for delte familiar
Regjeringa la fram Prop. 14 L (2009–2010) Endringer i barnelova mv. (flytting, delt bosted, samvær, vold og foreldres samtykke til helsehjelp), jf. Ot.prp. nr. 104 (2008–2009), på nytt 9. oktober 2009. Stortinget vedtok den 23. mars 2010. Lova er sett i kraft delt, høvesvis 9. april, 1. mai og 1. juli 2010. Innhaldet i proposisjonen blei omtalt i førre budsjettproposisjon.
Godt regelverk for fastsetjing av farskap og morskap
Eit regjeringsoppnemnd lovutval la 15. mars 2009 fram NOU 2009:5 Farskap og annen morskap. Fastsettelse og endring av foreldreskap. Utgreiinga har vore på allmenn høyring, og departementet arbeider no med ei oppfølging av utgreiinga.
Dekning av kostnadene ved DNA-analysar rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet
I 2009 utførte Rettsmedisinsk institutt (RMI) ved Universitetet i Oslo 847 DNA-analysar i farskapssaker på oppdrag frå det offentlege (NAV og domstolane), medan det i 2008 blei utført 806 analysar.
Fleire avtaleløysingar mellom foreldra utan bruk av domstolane
Det er ei utfordring å sikre at fleire saker der det er eit høgt konfliktnivå mellom foreldre, blir løyste gjennom mekling på eit tidleg stadium i regi av familievernkontora eller eksterne meklarar. Dette vil gi raskare ro rundt omsorgssituasjonen til barnet og hindre at konflikten eskalerer.
Det er sett i gang utviklingsprosjekt ved fleire familievernkontor som har som formål å få fleire foreldre med eit høgt konfliktnivå til å nytte den frivillige delen av meklingstilbodet for å kome fram til avtaler. Det er òg sett i gang samarbeidstiltak mellom familievernkontor og domstolar for å bidra til fleire avtaler utan domstolsbehandling, og at foreldre med eit høgt konfliktnivå får samordna hjelp frå fleire instansar. Utviklingstiltaka er førte vidare i 2010 og vil bli følgde opp vidare.
Departementet samarbeider med Domstoladministrasjonen om gjennomføring av ti regionale seminar (2009–2011) der dommarar, advokatar og sakkunnige møtast for å drøfte utfordringar og gode framgangsmåtar i saker etter barnelova. På den måten blir det mogleg å utvikle gode samarbeidsrutinar, og deltakarane kan få felles kompetanse. På samlingane deltek òg tilsette ved familievernkontora, noko som vil bidra til at rettsaktørane får auka kjennskap til familievernkontora sitt tilbod til foreldre i konflikt, og at dei dermed motiverer foreldra til å nytte dette tilbodet. Det blei gjennomført to pilotprosjekt i 2009 og skal gjennomførast fire regionale samlingar både i 2010 og 2011.
Når det gjeld sakshandsaminga av barnefordelingssaker for domstolane, viser ei evaluering (Koch, 2008) at det er ei særleg utfordring å setje i verk tiltak som reduserer dei oppattekne søksmåla.
BLD har sett ned ei ekstern arbeidsgruppe med representantar frå Dommerforeningen, Advokatforeningen, Psykologforeningen og Domstoladministrasjonen. Gruppa skal i 2010 sjå på kva slags tiltak som bør gjennomførast for å nå målet om færre saker for domstolane og førebyggje og handsame oppattekne søksmål på ein god måte. Gruppa skal finne fram til tiltak som kan sikre betre utnytting av meklingsapparatet, tydeleggjere ansvaret/rolla til barnevernet der det er bekymring knytt til barnet sin omsorgssituasjon, og bidra til betre samarbeid på tvers av profesjonar. Arbeidsgruppa skal særleg sjå på tiltak knytt til informasjon, haldningar og kompetanse.
Likestilt foreldreskap og styrkt samarbeid mellom foreldre som er i konflikt
Ei god bidragsordning som byggjer på foreldra sitt ansvar for saman å forsørgje og ta omsorg for eigne barn
Auken i talet på foreldre som ordnar barnebidraget mellom seg utan å bruke tilbodet frå det offentlege, held fram. Tabellen nedanfor viser at det framleis i hovudsak er menn som er bidragspliktige, og kvinner som er bidragsmottakarar. Endringane frå 2002 til 2009 i dei familiane som ber om at det offentlege skal fastsetje bidraget, viser ein svak tendens i retning av at fleire kvinner og færre menn er bidragsmottakarar, og fleire menn og færre kvinner er bidragspliktige.
Det samla talet på barn med offentleg fastsett barnebidrag går langsamt ned, medan prosentdelen barn som har ein forelder som ikkje bur saman med barnet, har halde seg stabil dei siste åra. Departementet har rekna ut at rundt 51 prosent av bidragsbarna no har foreldre som ordnar barnebidraget privat.
Departementet fekk i 2009 sluttrapport frå eit prosjekt som hadde som siktemål å gi meir kunnskap om dei barna i delte familiar som har svært liten kontakt med den eine av foreldra. Prosjektet var eit samarbeid mellom SSB og Agderforskning. Prosjektet er ein statistisk analyse av kor mange desse barna er, og korleis dei fordelar seg på bakgrunnskjenneteikn, ein litteraturstudie som held saman forsking på feltet i USA, Storbritannia og Norden, og ein kvalitativ studie basert på intervju med store barn i ein slik situasjon og den av foreldra dei bur saman med. Resultata peiker i retning av at kvalitet i samværet er viktigare enn kvantitet for barna, at konfliktar mellom foreldre er øydeleggjande, og at staten gir liten hjelp / lite vern på dette området. Den kvalitative studien av dei barna som hadde opplevd eit brått brot med ein tidlegare nær forelder, eller eit meir langvarig brot med til dels vanskeleg samvær i ein periode, tilrår at barna burde få eit eige tilbod om rådgiving.
Tabell 3.3 Talet på bidragspliktige og bidragsmottakarar fordelt på kjønn 2002, 2004, 2006, 2008 og 2009*
Totalt | Menn prosent | Kvinner prosent | Kjønn ikkje oppgitt | |
---|---|---|---|---|
Bidragspliktige | ||||
2002 | 128 587 | 86,6 | 9,2 | 4,2 |
2004 | 107 805 | 86,8 | 8,1 | 5,1 |
2006 | 101 685 | 86,3 | 8,2 | 5,5 |
2008 | 91 374 | 86,3 | 7,7 | 6,0 |
2009 | 87 092 | 86,3 | 7,7 | 6,0 |
Bidragsmottakarar | ||||
2002 | 135 033 | 9,2 | 89,5 | 1,3 |
2004 | 114 799 | 8,1 | 90,4 | 1,5 |
2006 | 109 167 | 8,1 | 90,7 | 1,2 |
2008 | 98 738 | 7,7 | 91,2 | 1,1 |
2009 | 94 412 | 7,5 | 91,3 | 1,2 |
* Statistikken frå Arbeids- og velferdsdirektoratet omfattar ikkje gruppa av bidragspliktige/bidragsmottakarar som har inngått privat avtale utan offentleg innkrevjing. Tala på kvinner og menn er ufullstendige sidan det ikkje er oppgitt kjønn i alle tilfella. Dette kjem av utanlandske personar utan norsk fødselsnummer.
Kontantstøtte til eitt- og toåringar utan tilbod om fulltids barnehageplass
Tabell 3.4 Barn i kontantstøttealder og barn med kontantstøtte
Gjennomsnitt | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | Endring 2008/2009 (pst.) |
---|---|---|---|---|---|
Barn i kontantstøttealder | 111 984 | 112 498 | 114 470 | 116 315 | 1 845 (1,6) |
Barn med kontantstøtte | 64 303 | 55 890 | 47 815 | 42 351 | –5 464 (–11,4) |
Eittåringar med kontantstøtte | 37 257 | 33 439 | 29 119 | 26 035 | –3 084 (–10,6) |
Toåringar med kontantstøtte | 27 047 | 22 452 | 18 696 | 16 317 | –2 379 (–12,7) |
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet, målt i månadlege gjennomsnittstal
Nedgangen i talet på barn med kontantstøtte frå 2008 til 2009 på 5464 barn kjem av at det var 7309 fleire barn med heiltidsplass i barnehage, medan det var 1845 fleire barn i aldersgruppa. Av barn med kontantstøtte hadde 23 prosent redusert støtte. Det er 0,5 prosentpoeng fleire enn i 2008. Dei fleste har lang deltid i barnehage med 20 eller 40 prosent kontantstøtte. Det er flest toåringar med redusert støtte. Kontantstøtta blir utbetalt til den av foreldra som søkjer om støtte. Det er kvinner i om lag 89 prosent av tilfella.
Barnetrygd – ei universell stønadsordning til forsørging av barn
Barnetrygda blei ført vidare utan endringar i satsar eller regelverk i 2009.
Tabell 3.5 Mottakarar av barnetrygd etter kjønn. Gjennomsnittstal for 2006, 2007, 2008 og 2009
I alt | Ordinær stønad | Utvida stønad | Ekstra småbarnstillegg | |
---|---|---|---|---|
2006: | ||||
I alt | 617 485 | 487 102 | 130 383 | 7 177 |
Kvinner | 580 148 | 472 531 | 107 617 | 7 033 |
Menn | 37 337 | 14 571 | 22 766 | 144 |
2007: | ||||
I alt | 622 646 | 495 742 | 126 904 | 6 643 |
Kvinner | 581 912 | 477 806 | 104 106 | 6 513 |
Menn | 40 743 | 17 936 | 22 978 | 130 |
2008: | ||||
I alt | 629 224 | 503 379 | 125 845 | 6 194 |
Kvinner | 583 890 | 481 225 | 102 665 | 6 062 |
Menn | 45 334 | 22 154 | 23 180 | 132 |
2009: | ||||
I alt | 638 365 | 510 250 | 128 115 | 6 223 |
Kvinner | 587 670 | 483 780 | 103 890 | 6 065 |
Menn | 50 695 | 26 470 | 24 225 | 158 |
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet
Stans av offentlege ytingar ved barnebortføring
Utgreiinga om å halde tilbake offentlege ytingar, medrekna barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar og barnebidrag ved barnebortføring har vore på offentleg høyring. Høyringa viste at det var støtte for forslaga, men at det var nødvendig med meir utgreiing av menneskerettar. Regjeringa vurderer desse spørsmåla.
Strategiar og tiltak for 2011
For å nå målet om likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna vil departementet vurdere om lovverket er godt nok, og setje i verk tiltak som til dømes samtalegrupper og informasjon til foreldre om godt foreldreskap. Departementet vil vidare vurdere tiltak som kan sikre ei best mogleg handsaming av saker for domstolane der det er eit høgt konfliktnivå knytt til bustad og samvær. For å få gode og haldbare avgjerder er det viktig med god barnefagleg kompetanse og god kompetanse om handsaming av sakene. Departementet vil prioritere tiltak på desse områda i 2011:
Som ei oppfølging av NOU 2009:5 Farskap og annen morskap. Fastsettelse og endring av foreldreskap vil det bli fremma ein lovproposisjon med forslag til endringar i barnelova om farskap og morskap.
Norske rettsreglar regulerer ikkje surrogati direkte. Når personar busette i Noreg gjer avtaler med surrogatmødrer eller kommersielle surrogatverksemder i andre land, vil det i tillegg til dei etiske problema også reise seg komplekse juridiske problemstillingar. Departementet vil vurdere lovendringar på området.
Regjeringa har som mål å auke vernet av barn og styrkje rettane til foreldre i internasjonale saker om foreldreansvar og tiltak for vern av barn. Stadig fleire barn og foreldre har forankring i fleire land på grunn av global mobilitet. Regjeringa vil derfor leggje til rette for gjennomføring av Haagkonvensjonen frå 1996 om foreldreansvar og tiltak for vern av barn. Konvensjonen gjeld mellom anna på områda for avgjerd om foreldreansvar, fast bustad, samvær, verjemål, plassering av barn i fosterheim/institusjon og forvalting av formuen til barnet. Formålet med konvensjonen er å hindre konflikt mellom land når det gjeld jurisdiksjon, lovval, godkjenning og gjennomføring av dei tiltaka som er omfatta av konvensjonen. Ratifikasjon vil bety at uregulerte tilfelle blir regulerte, og at det kan bli færre internasjonale konfliktsaker på dei aktuelle områda.
Familievernkontora gir eit samla tilbod til foreldre med eit høgt konfliktnivå etter samlivsbrot (mekling, hjelp til foreldresamarbeid, terapi, samtalegrupper). Når foreldre vel ikkje å bu saman lenger, kan samarbeidet bli kritisk. Obligatorisk mekling etter ekteskapslova og barnelova, der målet er at foreldra kjem fram til ei skriftleg avtale om samvær og kvar barnet skal bu, er ei viktig sak. Det er eit mål at foreldre som er usamde om foreldreansvar, fast bustad og samvær, får bistand til å løyse usemja på eit lågast mogleg nivå, der saka er eigna for det. Dette vil normalt bidra til å dempe konfliktnivået mellom foreldra. Meklinga og det heilskaplege tilbodet hos familievernkontora er godt eigna til å hjelpe foreldra med å kome fram til gode avtaler og betre foreldresamarbeidet om barna etter samlivsbrot. Det er eit mål at enda fleire konfliktfylte saker blir løyste her. Sjå omtale under delmålet Ei velfungerande og tilgjengeleg familievern- og foreldremeklingsteneste.
Det er viktig å sikre ein god og konfliktdempande prosess og robuste avgjerder i dei tilfella der det er nødvendig at domstolane handsamar saka. Departementet samarbeider med Domstoladministrasjonen om regionale, felles kompetansehevingstiltak for dommarar, advokatar, sakkunnige og familievernkontor (2009–2011) for å sikre felles kunnskap og drøftingar om gode framgangsmåtar til barnet sitt beste i saker etter barnelova. Auka kunnskap hos rettsaktørane om familievernkontora sitt tilbod til familiar som er i konflikt etter samlivsbrot, skal gjere at rettsaktørane i større grad motiverer foreldra til å nytte dette tilbodet for å få hjelp til å samarbeide betre om barna. Departementet vil elles arbeide for at relevante instansar styrkjer kompetansen hos dommarar, advokatar og sakkunnige knytt til barnelovsakene, og at samarbeidet på tvers av profesjonar blir betra.
Departementet vil ha særleg merksemd på tiltak som kan sikre ei best mogleg handsaming av dei oppattekne sakene. Dette er saker med eit høgt konfliktnivå knytt til omfang og gjennomføring av samvær, og saker med problem knytt til vald, overgrep, rus og psykiatri. Departementet vil vurdere nærmare kva slags tiltak som vil vere mest formålstenlege, og korleis samarbeid mellom ulike hjelpeinstansar kan nyttast betre i desse sakene. I saker der det er bekymring knytt til barnet sin omsorgssituasjon, er det aktuelt å sjå nærmare på barnevernet sitt ansvar og korleis ein kan styrkje samarbeidet med barnevernet.
Regjeringa har som mål å leggje til rette for samvær mellom barn og foreldre i tilfelle der desse ikkje bur saman. Det er av sentral verdi for barnet å ha kjennskap til opphavet sitt. Samvær under tilsyn legg til rette for samvær i saker der det vil vere vanskeleg med vanleg samvær. Tilsynsordninga er ei lovpålagd oppgåve heimla i barnelova. Departementet betaler for tilsyn opp til 16 timar årleg.
Departementet har initiert ein intern gjennomgang av ordninga i samråd med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Bakgrunnen er auka utgifter. Merknader i dokument til Stortinget tilseier òg at endringar i ordninga vil bli vurderte: I St.meld. nr. 8 (2008–2009) Om menn, mannsroller og likestilling blei det uttrykt ønskje om å auke ramma for talet på timar som domstolen kan fastsetje for slikt samvær. Prop. 14 L (2009–2010) om endringar i barnelova viser til merknader i stortingsmeldinga. Sjå også NOU 2008:9 Med barnet i fokus, der utvalet går inn for ei utviding av ordninga. Departementet vil ta stilling til oppfølging av saka etter at gjennomgangen er avslutta.
Regjeringa vil styrkje innsatsen overfor barn og foreldre som har problem på grunn av store samarbeidskonfliktar mellom foreldra etter samlivsbrot. Eit pilotprosjekt med tilbod om samtalegrupper for barn og unge er sett i gang i nokre kommunar hausten 2010. Dette tilbodet skal utvidast samstundes med at foreldra får tilbod om hjelp frå familievernkontoret til å betre samarbeidet om barna. Det er òg eit mål å stimulere til auka samarbeid mellom kommunale tenester for barn og unge, mellom anna med sikte på å fange opp barn og unge som treng særskild oppfølging tidleg. For å vurdere effekten av tiltaket vil ein oppsummere og evaluere prosjektet hausten 2011.
Likestilt praksis i heimen og eit likeverdig foreldreskap bidreg til meir robuste samliv og reduserer risikoen for samlivsbrot. Fedrar er ein viktig ressurs som omsorgspersonar. Departementet vil leggje til rette for at pappagrupper kan bli eit landsdekkjande tiltak. Kurstilbodet Papparingen blei utvikla i 2009–2010 og kan nyttast av studieringar knytt til eit studieforbund.
Tilskotsordninga til samlivskurs blir ført vidare som eit førebyggjande og likestillingsfremmande tiltak, jf. Resultatrapport. Departementet vil òg føre vidare samlivstiltaket Kva med oss? – eit kursopplegg for foreldre til barn med nedsett funksjonsevne. Tilbodet betyr mykje for ein del av desse foreldra når det gjeld samarbeid i ein krevjande kvardag. Departementet vil vurdere om kursopplegget fungerer etter formålet.
Samlivskurset Godt Samliv er eit parkurs for førstegangsforeldre som blir arrangert lokalt av helsestasjonar. Bufdir har utvikla kursopplegget og stimulerer kommunane til å tilby kurset og gjere det kjent.
Delmål 3.2: Ei velfungerande og tilgjengeleg familievern- og foreldremeklingsteneste
Resultatrapport 2009/2010
Ei velfungerande og tilgjengeleg familievernteneste
God kapasitet i tenesta
Løyvinga til familieverntenesta blei i 2009 auka med tolv millionar kroner. Av desse var to millionar kroner i revidert budsjett. Seks millionar kroner av løyvinga blei nytta til å betre kapasiteten der behovet er størst. Dei to siste åra har det vore ein monaleg auke i etterspørselen etter tenester frå familievernet. Aktivitetsveksten frå 2008 heldt fram i 2009. Det var ein auke i talet på nye saker, både når det gjaldt mekling og kliniske saker. Totalt var det 38 500 nye saker i 2009.
Tid registrert til klientretta aktivitetar viser ein auke frå 2008 til 2009. Statistikken viser også at fleire klientar må vente meir enn tre veker på meklingstime eller meir enn fire veker på tilbod om terapi og rådgiving. Kravet til ventetid ved mekling blir nådd i 76 prosent av sakene. Det er ein nedgang frå 82 prosent i 2008. Delen som får tilbod om første behandlingstime innan fire veker, går ned frå 82 til 74 prosent. Auken i talet på saker er ei av fleire årsaker til at kontora ikkje innfrir kravet til ventetid.
Eit nyttig og relevant tilbod til brukarane
Departementet førte vidare arbeidet med ein gjennomgang av familieverntenesta for å vurdere om ho i tilstrekkeleg grad er tilpassa behova i dag med omsyn til både tenesteutforming, organisering, kompetanse og ressursar. Departementet tek sikte på å sluttføre dette arbeidet innan hausten 2010. I samband med gjennomgangen av familieverntenesta har departementet òg starta eit arbeid for å styrkje tilbodet til barn som lever i konfliktfylte familiar etter samlivsbrot. Hausten 2010 er det sett i gang eit pilotprosjekt med tilbod om samtalegrupper for barn og unge, jf. omtale under delmålet Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna. Eit ledd i prosjektet er at familievernet skal gi eit tilbod til foreldre i konflikt om hjelp til å betre samarbeidet om barna.
Bufdir har i 2009 sett i gang implementeringa av Klient- og resultatstyrt terapi (KOR), eit system for brukarretta kvalitetsutvikling som ein integrert del av terapiarbeidet for å utvikle vidare kvaliteten og tilpasse tilbodet direkte til den det gjeld.
I 2009 blei det utvikla og vedteke ein overordna kommunikasjonsstrategi for familievernet for perioden 2010–2012. Den nye kommunikasjonsstrategien gir grunnlag for ei meir offensiv satsing for å synleggjere familievernet og for å yte brukarane betre service.
Talmaterialet frå 2008 viser at i 69 prosent av dei nye sakene var det ei kvinne som bestilte time, i 31 prosent ein mann.
Årsrapporten for 2009 frå Bufetat syner at det blei gjennomført 110 064 konsultasjonar i familievernet i 2009, mot 106 122 i 2008. Av konsultasjonane i 2009 var 89 930 knytte til behandling og 20 134 meklingar, ein auke frå 2008 på høvesvis 3,4 og 5,1 prosent. 78,2 prosent av tidsbruken i familievernet på landsbasis i 2009 gjekk til behandlingssaker, 14,4 prosent til mekling og 7,5 prosent til utoverretta verksemd.
Som følgje av nye retningslinjer for tilsynet med familievernkontora gav departementet fylkesmennene påbod om å gjennomføre tilsynsbesøk ved alle familievernkontora i 2009. Dei fleste embeta følgde opp dette på ein god måte, og tilsyn blei gjennomført ved dei aller fleste familievernkontora i 2009.
Tabell 3.6 Årsverk i familievernet fordelte på kjønn
Totalt | Del kvinner | Del menn | |
---|---|---|---|
Årsverk i familievernet | |||
2006 | 387 | ¾ | ¼ |
2007 | 433 | ¾ | ¼ |
2008 | 424 | ¾ | ¼ |
Kjelde: Familivernstatistikk (SSB). Kjønnsdelte tal frå Bufdir.
Over halvparten av leiarane i familievernet i perioden 2006–2008 var kvinner.
Likestilt foreldreskap og styrkt samarbeid mellom foreldre som er i konflikt
Ei god meklingsordning for foreldre ved samlivsbrot
Eit tilgjengeleg og kompetent meklarkorps
I 2009 blei det utført 20 185 meklingar. Det er 1526 fleire meklingar enn året før. 39 prosent av meklingane skjedde i samband med separasjon eller skilsmisse. 30 prosent var i samband med samlivsbrot mellom sambuarar, medan 31 prosent var meklingar før barnefordelingssaker for retten. I 6 saker blei foreldra sende tilbake frå retten for å mekle. Familievernet utførte 13 584 meklingar, 67 prosent av alle meklingane. Familievernet sin del av meklingane varierer mellom fylka frå 43 til 99 prosent.
Meklingsinstansane prøver å tilby foreldra time til mekling innan tre veker. 29 prosent fekk ikkje tilbod om første time innan fristen, ein auke på 3 prosentpoeng frå året før. Dette kan kome av at foreldra sjølve ikkje ønskte å ha første time tidlegare, eller at meklaren ikkje hadde tid før. Tala er baserte på statistikk utarbeidd av Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er store variasjonar i ventetida mellom fylka og også mellom familievernkontora.
Bufdir organiserer landsdekkjande innføringskurs for nye meklarar. Dei siste åra har behovet for innføringskurs vore stabilt. Det blei i 2009 gjennomført to innføringskurs med i alt vel 40 nye meklarar.
Det er mange meklingsmetodiske tiltak på lokale familievernkontor med formål om å redusere konfliktnivået mellom foreldre, få foreldre til å bruke fleire timar enn den eine obligatoriske og sikre deltakinga til barna i mekling. Det har mellom anna vore regional og lokal kompetansebygging om høyring av barn, bruk av barnegrupper og metodisk utvikling av innhaldet i meklinga.
Eit godt tilbod til foreldre med eit høgt konfliktnivå
Meklingsordninga er meint å vere fleksibel og tilpassa dei enkelte sakene. Det er ein time obligatorisk mekling og inntil sju timar mekling for foreldre som kan ha nytte av det. 63 prosent av alle meklingane i 2009 blei avslutta etter den første obligatoriske timen. 33 prosent bruker to til fire timar, medan 4 prosent av foreldra bruker fem timar eller meir. Foreldre som meklar i samband med separasjon/skilsmisse eller brot mellom sambuarar, bruker færrast timar. Her blir 67 prosent av meklingane avslutta etter ein time. Dersom foreldre ikkje er samde om foreldreansvar, fast bustad eller samvær, må dei gå til retten for å få ei avgjerd. Før dette må dei mekle. I desse sakene meklar 54 prosent i ein time, 40 prosent bruker to til fire timar, medan 6 prosent bruker fem timar eller meir.
Departementet og Bufdir har arbeidd vidare med tiltak som vil gjere det meir attraktivt for foreldra å nytte meklingsapparatet for å kome fram til avtaleløysingar om foreldreansvar, samvær og kor barnet skal bu. I 2010 vil det bli utarbeidd informasjon til foreldra som synleggjer fordelane ved å nytte meklingsapparatet og familievernet sitt tilbod om hjelp til foreldresamarbeid for å kome fram til avtaler som er til barnet sitt beste.
Universitetet i Oslo har, på oppdrag frå departementet, eit prosjekt om metodeutvikling i meklingar som er prega av eit høgt konfliktnivå. Prosjektet skal kartleggje kjenneteikn på saker som er prega av sterk konflikt, slik at meklarar lettare kan identifisere par som treng totalt sju timar mekling, og hindre at desse fell frå, og identifisere saker som ikkje eignar seg for mekling. Prosjektet blir avslutta hausten 2010.
Det blir stadig fleire barnefamiliar med ein annan kulturell bakgrunn enn den norske her i landet. For å få meir kunnskap om korleis familiebrot blir opplevd i familiar med etnisk minoritetsbakgrunn, utarbeidde Fafo i 2009 rapporten Familiepraksis og likestilling i innvandrede familier. Rapporten kastar lys over framferda til innvandrarar og haldningar til ulike familie- og likestillingsspørsmål. Eit av spørsmåla undersøkinga tar opp, er kva som blir oppfatta som dei mest alvorlige konsekvensane av eit samlivsbrot. Rapporten syner at skilsmisseratane i ulike delar av befolkninga varierer. Til dømes skil personar med bakgrunn frå Iran seg i større grad enn befolkninga elles, medan par der begge har bakgrunn frå Tyrkia, Pakistan og Vietnam, har låg skilsmisserate. Samlivsbrot har ofte djuptgripande konsekvensar for kvardagslivet til dei det gjeld, og menn er gjennomgåande meir redde for å miste kontakten med barna som følgje av samlivsbrot enn det kvinner er. Dei sosiale konsekvensane av eit samlivsbrot blir oppfatta som større blant dei som har innvandra, enn blant personar med norsk bakgrunn. Kvinner meiner i større grad enn menn at dei vil få støtte av den nærmaste familien, samtidig som dei er meir urolege for negative reaksjonar frå folk utanom den nærmaste familien.
Det er sett i gang ei omfattande evaluering av meklingsordninga (Sintef 2009–2011), der evaluatoren òg skal kome med råd knytt til framtidig innretning av meklingsordninga.
Strategiar og tiltak for 2011
Målet er eit familievern som sikrar eit likeverdig tenestetilbod til brukarane, har høg kvalitet på det faglege arbeidet og utnyttar ressursane effektivt. For å nå målet vil departementet vurdere eventuelle endringar etter den interne gjennomgangen av familieverntenesta som blir avslutta hausten 2010. Departementet vil føre vidare kvalitetsprogrammet for å måle resultata av verksemda gjennom brukarmedverking. Familievernet skal styrkje sitt samarbeid med tenesteapparatet i familiesaker og med domstolane i meklingssaker. Departementet vil gjennom kompetanseheving, haldningsskapande arbeid og samarbeid på tvers av profesjonar prøve å sikre at fleire foreldre med eit høgt konfliktnivå kjem fram til ei løysing gjennom mekling.
Familievernkontoret skal vere den naturlege staden å søkje hjelp for samlivsproblem, mekling eller samarbeidsproblem om felles barn. For å sikre eit heilskapleg perspektiv i familievernet sitt arbeid skal det stimulerast til auka samarbeid med andre delar av tenesteapparatet. Oppfølging av kommunikasjonsstrategien for familievernet skal medverke til at allmenta får større kjennskap til familievernkontora og tilboda deira.
Nettstaden familienettet.no, som er ein nettstad for foreldre med barn med nedsett funksjonsevne, skal i 2011 bli ein offentleg portal med nettbasert informasjon og ei spørsmål/svar-teneste om allmenne samlivs-, familie- og oppsedingsspørsmål. Målgruppa er særskilt yngre personar og menn.
Systematisk bruk av tilbakemeldingar frå klientane vil sikre kvaliteten i tenestetilbodet i familievernet.
Bufdir vurderer kontinuerleg drifta av familievernet og vil halde fram arbeidet for å sikre eit mest mogleg likeverdig tilbod i regionane.
Tilboda til familiar med valdsproblem er ein integrert del av familieverntenesta. Familievernet vil halde fram med å styrkje kompetansen på arbeid med vald i nære relasjonar.
Mekling etter barnelova og ekteskapslova er ein viktig del av familievernkontora sitt heilskaplege tilbod til foreldre etter samlivsbrot. Dei fleste foreldre kjem fram til ei avtale om foreldreansvar, fast bustad og samvær etter å ha gjennomført mekling ved familievernkontora eller hos eksterne meklarar.
Bufetat har ansvaret for å forvalte meklingsordninga og skal sjå til at det er nok meklarar, slik at tilbodet er tilgjengeleg over heile landet, og at meklingsordninga fungerer godt. Departementet har sett som mål at foreldre som hovudregel ikkje skal vente meir enn tre veker før dei får tilbod om første meklingstime og at meklingsapparatet skal vere så godt utbygt at foreldre ikkje skal måtte reise meir enn to timar frå siste felles bustad. Arbeidet med å sikre ein god fagleg meklingspraksis held fram i 2011.
Det er eit mål at enda fleire foreldre med eit høgt konfliktnivå får hjelp til å kome fram til ei avtale hos familievernkontora. Der saka er eigna for det, vil det vere ein stor fordel at foreldre kan få til ei avtale om barna på eit tidleg stadium utan at konflikten blir eskalert. Det skal arbeidast vidare med informasjons- og haldningsendrande arbeid overfor foreldre og profesjonelle for å sikre betre utnytting av meklingstilbodet. Det skal leggjast særleg vekt på å nå fram til etniske minoritetar. Det vil òg bli satsa vidare på kompetansestyrking av meklingskorpset, mellom anna knytt til å identifisere kva slags saker som eignar seg for mekling, og strategiar for å oppnå vidare mekling i saker med eit høgt konfliktnivå. Samstundes skal tilbodet om samarbeidssamtaler i familievernet utviklast vidare slik at avtaler om barna skal fungere best mogleg i tida etter samlivsbrotet, jf. omtale av samtalegrupper for barn. Samarbeidet med andre hjelpeinstansar, til dømes barnevernet, skal styrkjast slik at foreldre og barn får meir heilskapleg hjelp og barna blir verna der det er behov for det.
Det er særs viktig å styrkje samarbeidet mellom familievernkontora og domstolane, sjå omtale under delmålet Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna.
Barna skal ha ei stemme i alle saker som vedkjem dei. Derfor er det viktig å vere merksam på barn si rolle og deltaking og arbeide for at det blir teke i bruk gode modellar for å sikre at barna blir høyrde.
Eventuelle endringar i meklingsordninga vil bli vurderte på bakgrunn av resultata frå evalueringa av ordninga, som er i gang (SINTEF Helse og Senter for barneforskning) og skal vere ferdig i 2011.
Delmål 3.3: Eit godt grunnlag for å vidareutvikle likestillingspolitikken i eit livsløps-, klasse- og etnisitetsperspektiv
Resultatrapport 2009/2010
Likestilling mellom kvinner og menn
Integrert kjønns- og likestillingsperspektiv på alle politikkområde og forvaltingsnivå
BLD prioriterte i 2009 arbeidet med å formidle informasjon om aktivitets- og rapporteringspliktene til både offentlege og private verksemder. Ei rettleiing for arbeidslivet i aktivitets- og rapporteringsplikta er utarbeidd av BLD, partane i arbeidslivet og Likestillings- og diskrimineringsombodet.
Direktoratet for forvalting og IKT (DIFI) leverte i 2009 rapporten På sporet av kjønnsperspektivet. Integrering av et kjønns- og likestillingsperspektiv i budsjettarbeidet. Evalueringa konkluderer med at dei fleste departementa har hatt ei utvikling i retning av at kjønnsperspektivet kjem klarare til utrykk i fagproposisjonar. Det feltet departementa har komme lengst på, er å dokumentere og synleggjere kjønnsforskjellar ved hjelp av kjønnsdelt statistikk. Utfordringa framover vil vere å knyte mål og tiltak til denne statistikken. BLD si rolle som rettleiar og pådrivar er framheva som viktig.
Finansieringa av dei regionale likestillingsprosjekta som blei starta i 2007, blei avslutta i 2009 med ein nasjonal erfaringskonferanse. Prosjekta handlar mellom anna om å gjere folk medvitne på at dei har fleire moglege val uavhengig av kjønn, tradisjonar og kultur. Aktivitetane i prosjekta er langsiktige, og resultata kjem derfor til syne over tid.
BLD har i ein prøveperiode frå 2008 til 2010 gitt prosjektmidlar til regionale senter for likestilling og mangfald. Kommunal- og regionaldepartementet har òg gitt midlar. Målet med prosjektet har vore å styrkje det regionale likestillingsarbeidet særleg når det gjeld kjønnslikestilling. Sentera hadde i 2009 òg ei sentral rolle i arbeidet med å gjere offentlege aktørar merksame på ansvaret deira i samband med dei nye aktivitets- og rapporteringspliktene knytt til etnisitet og nedsett funksjonsevne. Sentera er evaluerte av Arbeidsforskingsinstituttet (AFI). Evalueringa viser blant anna at sentera blir oppfatta som ein ressurs og viktig medspelar for kommunane i arbeidet for å fremme kjønnslikestilling.
Departementet tek del i det nordiske samarbeidet på kjønnslikestillingsområdet. Dette inneber deltaking i Ministerrådet for likestilling (MR-JAM). Hovudsaka i 2009 var kjønn og makt i Norden.
Retningslinjer for Europa-arbeidet i BLD er nedfelte i departementet sin Europa-strategi. Noreg deltek i EUs fleirårige handlingsprogram PROGRESS og DAPHNE III for perioden 2007–2013. Departementet har tilsett likestillings- og ikkje-diskrimineringsråd i ny stilling ved Noreg sin delegasjon i Brussel. Ordninga med ein nasjonal ekspert på området likestilling mellom menn og kvinner blei ført vidare.
BLD tek del i Europarådets styringskomité for likestilling (CDEG) og i ekspertkomiteen for barn og familie (CS-SPFC).
Departementet arbeider kontinuerleg med å følgje opp og implementere Noreg sine plikter i FN-systemet. BLD deltok mellom anna på den 53. sesjonen i FNs kvinnekommisjon (CSW). Departementet har vore ein sentral bidragsytar til Universal Periodic Review (UPR), som er ei ny ordning under FN sitt råd for menneskerettar. UPR-prosessen inneber at kvart medlemsland må levere ein landrapport i forkant av ei høyring i FN sitt råd for menneskerettar. Noreg blei eksaminert i desember 2009.
Likestilling mellom kvinner og menn blei teke opp på International Labour Organization (ILO) sin arbeidskonferanse for første gang på over tjue år. Det blei oppretta ein likestillingskomité med norsk leiing frå Utanriksdepartementet. Ramma var ILOs agenda for anstendig arbeid og korleis ILO sitt arbeid kan styrkje kvinner si stilling i arbeidslivet. Temaa var globaliseringa og den økonomiske krisa i eit kjønnsperspektiv. Store endringar i økonomien kan påverke kvinner og menn på ulike måtar, og det er nødvendig med eit kjønnsperspektiv når konsekvensane av utviklinga skal vurderast, og når politikken skal utviklast vidare.
Våren 2010 deltok Noreg i møte i CSW og i FNs sosiale og økonomiske råd (ECOSOC). Noreg var eitt av 13 land som gav ein frivillig nasjonal presentasjon om kjønnslikestilling og kvinners stilling på ECOSOCs høgnivåmøte.
BLD har gitt midlar til fleire forskingsprosjekt på området i 2009. Rapporten Utradisjonell likestilling? frå SSB er delt opp i fire delanalysar. Analysane viser at for majoriteten av personane som var intervjua, er det godt samsvar mellom haldningane deira til kjønnsroller og det dei rapporterer når det gjeld deling av husarbeid og barneomsorg. I den grad religiøs praksis har noko å seie for likedeling heime, har han positiv innverknad – og berre på mannen sin innsats i det arbeidet som det tradisjonelt er kvinner som gjer. Det er først og fremst mannen som reduserer si deltaking i husarbeid og barneomsorg når mannen, men også når kvinna, er funksjonshemma. Den kjønnsdelte arbeidsmarknaden bidreg til å halde ved lag ei tradisjonell fordeling av yrkesarbeidet blant par i Noreg ved at deltid er utbreidd i mange kvinnedominerte yrke, medan lang arbeidstid er utbreidd i mange mannsdominerte yrke.
Notatet Arbeidsdeling i hjemmet – et psykologisk perspektiv (NOVA) viser at kvinner som deler husarbeid omtrent likt med mannen, er noko meir tilfredse med parforholdet. Blant menn har personlegdom ein klar samanheng med deling av husarbeid. Til dømes bidreg menn som er relativt pliktoppfyllande og omtenksame, i større grad med rydding, oppvask og klesvask/stryking. For begge kjønn er det dei med trekk av utradisjonell kjønnsrolleorientering som tenderer til å dele husarbeidet i større grad.
Medvit om mannsroller
Stortingsmelding nr. 8 (2008–2009) Om menn, mannsroller og likestilling blei vedteken av Stortinget, og fleire tiltak er sette i verk, mellom anna knytt til vald og overgrep, samlivs- og foreldreområdet og eit meir familievennleg arbeidsliv.
Prosjektet Berekraftige familiar – likestilte livsløp, administrert av AFI, blei avslutta i 2009. Det overordna målet var å få menn til å delta meir i familieliv og barneomsorg. Andre mål var å synleggjere småbarnsfamilien sine kår, betre føresetnadene for likestilte samliv, få kommunar til å forplikte seg til å involvere far i oppveksten til barna, auke samarbeidet mellom familievernet og kommunane og utvikle nye modellar for tilrettelegging av arbeidsplassar som betre kan ta vare på omsorgsrolla til menn. Prosjektet har samla røynsler og utfordringar i arbeidet med å fremme eit likestilt familieliv og ein betre balanse mellom arbeidsliv og familieliv. Ein av konklusjonane er at familievernkontora vil kunne medverke til dette gjennom si utoverretta og førebyggjande verksemd.
Departementet førte vidare i 2009 støtte til eit treårig professorat i maskulinitets- og likestillingsforsking som blei oppretta i 2008 ved Universitetet i Oslo, Senter for kunnskap om kjønn.
Løyvinga til Reform – ressurssenter for menn blei auka med 1mill. kroner til 4 mill. kroner. Innsatsen var i 2009 knytt til synliggjering av senteret, forsking på menn, valdsførebyggjande arbeid, satsing på menn med minoritetsbakgrunn og sosial inkludering, fedrar og aktivt farskap og oppvekst og sosialisering for gutar.
Strategiar og tiltak for 2011
Regjeringa skal ha ein tydeleg profil når det gjeld likestilling mellom kjønna, både nasjonalt og internasjonalt. Det er eit satsingsområde for regjeringa å styrkje kunnskapen om norsk likestillingspolitikk og om dei utfordringane vi står overfor på dette feltet. Regjeringa har derfor sett ned eit offentleg utval. Likestillingsutvalet blei oppnemnt i februar 2010 med professor Hege Skjeie som leiar. Utvalet har fått i mandat å greie ut norsk likestillingspolitikk med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse. Målet med utgreiinga er å leggje grunnlaget for ein heilskapleg og kunnskapsbasert likestillingspolitikk for framtida. Utvalet skal levere utgreiinga til BLD innan 1. august 2012. Regjeringa har også i 2010 etablert eit breitt samansett Kvinnepanel som har gitt innspel til regjeringa sin likestillingspolitikk.
Ein annan sentral prosess som er sett i gang på likestillingsfeltet, er arbeidet med ei stortingsmelding om likelønn, jf. omtale under delmålet Likelønn mellom kvinner og menn. BLD har òg sett ned ein komité som, i samarbeid med departementa, frivillige organisasjonar og andre relevante aktørar, førebur markeringa av 100-årsjubileet for allmenn stemmerett i 2013.
For å tydeleggjere den politikken vi allereie har på likestillingsfeltet, tek regjeringa sikte på å leggje fram ein handlingsplan for kjønnslikestilling hausten 2010. Planen skal gjelde for perioden 2011–2014 og skal gi ei systematisk oversikt over dei politiske måla og tiltaka som skal til for å oppnå reell likestilling mellom kvinner og menn. Handlingsplanen skal mellom anna stimulere til integrering av eit likestillingsperspektiv i all offentleg politikk. BLD vil koordinere arbeidet med handlingsplanen.
Arbeidet med å følgje opp St.meld. nr. 8 (2008–2009) Om menn, mannsroller og likestilling vil bli ført vidare i 2011. Målsetjinga vil framleis vere å få menn meir aktivt med i utviklinga av eit kjønnslikestilt samfunn. Stiftelsen Reform er ein sentral aktør i dette arbeidet.
Det er eit mål å få meir kunnskap om dei kjønnsdelte strukturane i arbeidsmarknaden. Den norske arbeidsmarknaden er prega av kjønnssegregering. Samstundes manglar det i Noreg systematisk kunnskap om dei hovuddraga og endringsprosessane som har kjenneteikna kjønnsstrukturane på arbeidsmarknaden dei seinaste åra, ikkje minst i lys av den auka delen av kvinner med høgare utdanning. Departementet vil derfor setje i gang forsking på dette i 2010.
Det er viktig som grunnlag for politikkutviklinga å følgje med på demografiske endringar (samlivsformer, fertilitet, forsørging, likestilling). Noreg deltek derfor i eit OECD-prosjekt som skal greie ut kva for viktige endringar ein kan vente i hushalds- og familiestrukturen i OECD-landa dei neste tjue åra, kva for verknad slike endringar kan kome til å få på sentrale politikkområde, og kva for nye politiske tilnærmingar som vil bli nødvendige for å møte utfordringane. Kunnskap om samanhengen mellom familiepolitikk, sysselsetjing og fertilitet blir særleg interessant når ein kan samanlikne mellom land.
Departementet ser det som viktig at den omfattande databasen Livsløp, generasjon og kjønn blir brukt til vidare forsking, og vil i 2010 setje i gang forsking med vekt på å få fram meir kunnskap om den moderne familien.
BLD og Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har i ein prøveperiode frå 2008 til 2010 gitt prosjektmidlar til regionale senter for likestilling og mangfald. AFI har i 2010 evaluert sentera. Med bakgrunn i evalueringa og i samarbeid med KRD vil BLD i 2011 vurdere nærmare korleis det regionale likestillingsarbeidet bør organiserast i framtida. Ein vil òg vurdere dei økonomiske rammene for arbeidet. Prøveperioden for dei tre regionale sentera for likestilling og mangfald vil derfor bli forlenga med eit år. Dette gjeld Likestillingssenteret i Hamar, KUN Senter for kunnskap og likestilling i Steigen og Senter for likestilling i Kristiansand. Dei tre regionale sentera skal følgje opp lokale og regionale verksemder gjennom rettleiing, opplæring og erfaringsutveksling i arbeidet for å fremme likestilling. Dei skal også bidra til at lokale verksemder gjer kjønnsperspektivet synleg innanfor andre diskrimineringsgrunnlag. Dei regionale sentera for likestilling og mangfald vil i 2011 òg ha ei informasjons- og pådrivarrolle for aktivitets- og rapporteringsplikta etter likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova.
BLD vil føre vidare og styrkje samarbeidet med fylkesmennene som pådrivar for kommunal oppfølging av aktivitets- og rapporteringspliktene. Departementet vil i tillegg gi vidare støtte ut 2011 til Vest-Agder fylkeskommune for Fritt Valg, 10-årssatsinga for likestilling på Sørlandet.
For å fremme likestilling og mangfald i det samiske samfunnet har BLD, saman med Sametinget og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, i 2010 oppretta ei stilling ved Gáldu, kompetansesenter for rettar til urfolka. Dette er eit prøveprosjekt fram til 2012 og ei oppfølging av Sametinget sin likestillingsplan.
BLD vil styrkje arbeidet for likestilling og mot diskriminering i nordisk samarbeid, mellom anna gjennom arbeidet i Ministerrådet for likestilling. Det er eit mål å utvide omgrepet likestilling i det nordiske samarbeidet til å omfatte fleire diskrimineringsgrunnlag enn kjønn og nedsett funksjonsevne, så som etnisitet og seksuell orientering, og sjå desse i samanheng.
Arbeidet med å implementere ein aktiv Europa-politikk vil halde fram i 2011. Departementet har styrkt dette arbeidet ved at det er oppretta ei rådstilling ved Noregs EU-delegasjon i Brussel med barne-, ungdoms-, familie-, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken som arbeidsområde. Noreg deltek i dei fleirårige rammeprogramma under EU; PROGRESS (2007-2013) og DAPHNE III (2007-2013). BLD har ansvaret for å koordinere den norske deltakinga i DAPHNE III.
Europarådets ministerkomité for likestilling har vedteke ein resolusjon og ein handlingsplan for Europarådets vidare arbeid med likestilling. Sentrale tema er mellom anna gender mainstreaming. Noreg tek aktivt del i arbeidet med å utarbeide forslag til ein konvensjon for å førebyggje og kjempe mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar. Noreg tek òg aktivt del i Styringskomiteen for likestilling (CDEG).
Gjennom ei rekkje FN-konvensjonar er Noreg forplikta til å fremme likestilling og hindre diskriminering på ulike grunnlag. Departementet vil følgje arbeidet i 3. komité under FNs generalforsamling. Departementet har årleg halde ein kontaktkonferanse for styresmaktene og frivillige organisasjonar for å førebu og drøfte FNs kvinnekommisjon (CSW). I 2011 vil departementet utvide kontaktkonferansen til å handle om alle ikkje-diskrimineringsspørsmål, og knytte konferansen til arbeidet i 3. komité under FNs generalforsamling. Hausten 2010 har Noreg rapportert om oppfølginga av FNs kvinnediskrimineringskonvensjon (CEDAW). Noreg vil truleg bli eksaminert både av FNs kvinnediskrimineringskomité og av FNs rasediskrimineringskomité i 2011.
Delmål 3.4: Eit familievennleg arbeidsliv
Resultatrapport 2009/2010
Likestilling mellom kvinner og menn
Inga diskriminering av gravide i arbeidslivet
Regjeringa føreslo i Prop. 16 L (2009–2010) å lovfeste i likestillingslova eit forbod mot å spørje om graviditet, adopsjon og familieplanlegging i ein tilsetjingsprosess. Endringa blei vedteken av Stortinget og sett i verk frå 9. april 2010. Spørjeforbodet inneber ei viktig klargjering av rettstilstanden når det gjeld graviditetsdiskriminering.
I St.meld. nr. 8 (2008–2009) Om menn, mannsroller og likestilling går det fram at regjeringa vil samarbeide med partane i arbeidslivet for å styrkje informasjonen om arbeidstakarane sine rettar til å tilpasse arbeid til familieliv, og for å utforme tiltak som stimulerer arbeidsgivarar til å ha ein personalpolitikk med strategiar for dei som tek permisjon, og for arbeidstakarar med barn. På bakgrunn av dette arrangerte BLD, i samarbeid med ti av dei største organisasjonane i arbeidslivet, ein konferanse i Oslo om familievennleg arbeidsliv i januar 2010. Med denne konferansen ønskte regjeringa å diskutere korleis vi kan få eit meir familievennleg arbeidsliv, med mål om både likestilte familiar og eit likestilt arbeidsliv. Regjeringa ønskte å styrkje samspelet mellom det sosiale ansvaret til verksemdene og dei velferdsordningane som gjeld i dag. Konferansen gav innspel til tiltak som kan få foreldra til å dele foreldrepermisjonen likare, slik at fleire fedrar tek ut meir enn fedrekvota. Arbeidet for ein jamnare kjønnsbalanse på arbeidsplassane blei også teke opp, særleg med tanke på fordelinga av kvinner og menn i offentleg og privat sektor.
I samarbeid med Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet har BLD utarbeidd brosjyren Anbefalinger for en familievennlig personalpolitikk i staten. Brosjyren gir statlege arbeidsgivarar gode råd om korleis dei kan gjere verksemda meir familievennleg. I tillegg gir brosjyren ei oversikt over dei viktigaste rettane som foreldre har i arbeidslivet.
Omsorgspermisjon og ammefri
Eit høyringsnotat om rett til lønn under to veker omsorgspermisjon for far ved fødsel og adopsjon og rett til lønn under ammefri blei sendt på høyring 14. juli 2009. Høyringsnotatet konkluderte ikkje med omsyn til korleis ein bør gå fram for å sikre lønn under omsorgspermisjon og ammefri, men oppmoda høyringsinstansane om å uttale seg om tre alternative løysingar: 1) rett til lønn basert på avtale med arbeidsgivar, 2) lovfesta rett til lønn frå arbeidsgivar eller 3) rett til ei yting frå folketrygda. 33 høyringsinstansar gav sitt syn. Det var brei semje om at ei løysing med lønn under omsorgspermisjon og ammefri for alle er eit mål, men det var ulike syn på korleis dette bør løysast.
Strategiar og tiltak for 2011
For å nå målet om eit familievennleg arbeidsliv er det nødvendig å sjå familie-, likestillings- og arbeidslivspolitikken i samanheng. Regjeringa arbeider for at både kvinner og menn skal kunne delta i yrkeslivet gjennom ulike livsfasar. Noreg har høg yrkesdeltaking blant kvinner. Dette har mykje å seie for verdiskaping og økonomiske vekst. Det å sikre høg sysselsetjing blant foreldre krev tilrettelegging i arbeidslivet og likestilling mellom kvinner og menn i fordelinga av omsorgsoppgåvene i heimen. Vi har ei rekkje ordningar retta mot familien som har til formål å styrkje fedrane si omsorgsrolle og kvinnene si deltaking i yrkeslivet og gjere det mogleg for begge foreldra å halde ved lag tilknytinga til arbeidslivet i småbarnsfasen. Gode barnehagar for alle og fleksible permisjonsordningar er viktige verkemiddel.
For å følgje opp dei gode erfaringane frå arbeidslivskonferansen i Oslo våren 2010 arrangerer departementet to regionale konferansar i Ålesund og Bodø hausten 2010. Det er eit mål å skape merksemd kring familie og arbeidsliv i alle delar av landet og i heile arbeidslivet. I 2011 vil departementet derfor vurdere ulike tiltak som kan medverke til dette, mellom anna å bidra til fleire regionale konferansar.
Det er positivt både for mor, far og barn og for likestilling mellom foreldra at far tek ut foreldrepermisjon og dermed tek aktivt del i omsorga i barnet sitt første leveår. Fedrekvoten har medverka til at ein stor del av fedrane tek ut foreldrepermisjon. Regjeringa føreslår ei utviding av fedrekvoten frå 1. juli 2011med to veker. Den totale stønadsperioden blir utvida med ei veke øyremerka for far. Fedrekvoten blir òg utvida med ei veke innanfor gjeldande stønadsperiode. Når mor får uførepensjon, er far forhindra frå å ta ut permisjon fordi mor ikkje har tent opp rett til foreldrepengar og heller ikkje har høve til å gå ut i arbeid eller utdanning etter fødselen. Regjeringa føreslår at far frå 1. juli 2011 skal få rett til å ta ut tolv veker permisjon i tilfelle der mor får uførepensjon. Sjå omtale under programkategori 28.50, delmålet Ei foreldrepengeordning som bidreg til å fremme likestilt foreldreskap.
Likelønnsmeldinga vil på brei basis drøfte tiltak som kan bidra til å styrkje kvinner sin posisjon i arbeidslivet.
Regjeringa vil vurdere spørsmålet om rett til lønn under omsorgspermisjon og ammefri mellom anna på bakgrunn av høyringsrunden.
Delmål 3.5: Likelønn mellom kvinner og menn
Strategiar og tiltak for 2011
Likelønnskommisjonen la fram si utgreiing i 2008 og slo fast at ei rekkje tilhøve har innverknad på lønnsutviklinga for den enkelte arbeidstakaren. Tariffavtalene er avgjerande, men vi har òg ei sterk lovgiving som skal motverke diskriminering. I tillegg er det om å gjere at dei familiepolitiske ordningane, til dømes lang foreldrepermisjon, ikkje fører til at kvinner sin plass på arbeidsmarknaden blir svekt.
På arbeidsmarknaden blir lønn fastsett i forhandlingar mellom partane i lønnsoppgjera. I kjølvatnet av Likelønnskommisjonen sine forslag til tiltak fekk kravet om likelønn ei sterk påakting i lønnsoppgjeret våren 2010. I kommuneoppgjeret og i helseføretaka gjekk partane til streik for dette kravet, og i statsoppgjeret blei partane samde under mekling. Resultatet blei avtaler med ein viss likelønns- og låglønnsprofil.
Regjeringa legg til grunn ein inntektspolitikk der likestilling og likelønn står sentralt. Dette blir stadfest i regjeringa sin politiske plattform. Like høve og lik lønnsutvikling for kvinner og menn er ei samansett og krevjande oppgåve som krev tiltak utover det som kan løysast i tariffoppgjera.
Lønnsutjamning mellom kvinner og menn har ikkje har éi løysing. Ein likelønnspolitikk må famne breitt. Likelønnskommisjonen la fram fleire forslag der styresmaktene må ta eit ansvar. Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om likelønn hausten 2010 for å følgje opp desse forslaga. Det er nødvendig å vurdere om diskrimineringsvernet er godt nok, og om reglane i arbeidslivet gir eit like godt vern for både kvinner og menn. Arbeidsmarknaden er i stor grad delt etter kjønn, og mange kvinner arbeider deltid. Vi må sikre at rettar og ordningar i arbeidslivet treff både kvinnedominerte og mannsdominerte arbeidsplassar på ein likestilt måte.
Med ei stortingsmelding om likelønn gir regjeringa Stortinget høve til å drøfte desse spørsmåla i ein brei samanheng. Meldinga vil klargjere og føreslå tiltak på område der styresmaktene har verkemiddel og eit ansvar.
Meldinga vil kaste lys over skiljet mellom retten til frie lønnsforhandlingar og plikta styresmaktene har til å verne mot diskriminering.
Delmål 3.6: Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar
Resultatrapport 2009/2010
Krise- og incestsenter med god kvalitet og godt tilgjenge
Godt regelverk for krisesentra
Lov av 19.6.2009 nr. 44 om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova) blei sett i kraft 1. januar 2010. Lova slår fast at kommunane skal sikre eit godt og heilskapleg krisesentertilbod til personar som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, og som har behov for rådgiving eller eit trygt, mellombels butilbod. Tilbodet skal vere eit gratis lågterskeltilbod. Kommunen har vidare plikt til å sørgje for at personar som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, får ei heilskapleg oppfølging, og at tilbodet så langt som råd blir lagt til rette for å kome brukarane sine individuelle behov i møte. Kommunen skal føre internkontroll med krisesentertilbodet, og fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunane oppfyller pliktene dei er pålagde etter krisesenterlova §§ 2, 3, 4 og 8. Departementet har utarbeidd ei rettleiing i internkontroll av kommunalt krisesentertilbod for kommunane og har i samarbeid med representantar frå fylkesmennene utarbeidd ei rettleiing i statleg tilsyn etter krisesenterlova. For å hjelpe kommunane med å implementere krisesenterlova har BLD, i samråd med fylkesmannen, arrangert ti regionsamlingar om kva lova inneber for kommunane.
I overgangsåret 2010 består statstilskotet til krisesentera av tre element: statstilskot til drift av eksisterande krisesenter, ei tilleggsløyving på 45 mill. kroner til nødvendige endringar for å tilpasse tilbodet til krava i lova og ei eingongsløyving på 19 mill. kroner. Desse midlane blir administrerte av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet. Det øyremerkte statstilskotet blir lagt inn i kommuneramma i 2011. Saka gjekk inn i konsultasjonane mellom staten og kommunesektoren i 2009. Kap. 840 Krisetiltak, post 60 Tilskot til krisesenter blir dermed føreslått avvikla frå budsjettåret 2011.
I samband med drøftinga av stortingsmeldinga om incestsentera (St.meld. nr. 13 (2004–2005)) bad Stortinget regjeringa om å evaluere dei frivillig organiserte incestsentera. Evalueringa blei gjennomført av Nordlandsforskning hausten 2008 og våren 2009. Evalueringa omfatta incestsentera sine tilbod, organisering og samarbeid med det offentlege hjelpeapparatet og den landsdekkjande incesttelefonen. Ho viser at brukarane av incestsentera og samarbeidande kommunar, som er omfatta av evalueringa, i all hovudsak er nøgde med det tilbodet incestsentera gir. Nordlandsforskning peiker likevel på nokre utfordringar, til dømes når det gjeld kontroll, innsyn, etiske retningslinjer, samarbeid med det offentlege hjelpeapparatet og finansiering.
Nordlandsforskning si evaluering viser at incestsentera ikkje når godt nok ut til visse brukargrupper, blant dei menn. Departementet har gitt støtte til å opprette ein eigen nettstad for gutar og menn som er utsette for incest og seksuelle overgrep. Nettstaden vil òg vere til hjelp for incestsentera og vil kunne gi legar, psykologar og andre delar av hjelpeapparatet auka kunnskap om og forståing for situasjonen til gutar og menn som er utsette for overgrep.
Tabell 3.7 Krisesentra. Tal på tilsette fordelte på kvinner og menn i perioden 2005–2009
Tilsette | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 |
---|---|---|---|---|---|
Kvinner | 353 | 369 | 383 | 416 | 478 |
Menn | 8 | 9 | 10 | 10 | 18 |
I alt | 361 | 378 | 393 | 426 | 496 |
Kjelde: Sentio Research AS
Tabell 3.8 Aktiviteten ved krisesentera 2005–2009
2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|---|---|
Talet på registrerte krisetelefonar | 12 258 | 12 811 | 13 796 | 12 008 | 12 357 |
Talet på dagvitjingar | 7 550 | 8 817 | 7 640 | 7 310 | 7 546 |
- kvinner | 1 867 | 1 899 | 1 790 | 1 742 | 1 869 |
- barn | 1 486 | 1 488 | 1 420 | 1 506 | 1 734 |
- menn | 12 | 0 | 7 | 4 | 9 |
Gjennomsnittleg opphaldstid på krisesentra for bebuarar (talet på døgn), av desse for: | 22 | 24 | 28 | 30 | 30 |
- kvinner med norsk bakgrunn | 18 | 18 | 24 | 22 | 22 |
- kvinner med minoritetsbakgrunn | 32 | 31 | 34 | 36 | 36 |
- Bebuarar med etnisk minoritetsbakgrunn (i pst.) | 51 | 56 | 58 | 59 | 61 |
Kjelde: Oversikten for 2008 og 2009 er utarbeidd av Sentio Research AS.
Tabell 3.9 Incestsentra. Tal på brukarar og tilsette fordelte på kvinner og menn i perioden 2005–2009
2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | |
---|---|---|---|---|---|
Første gongs kontakt med incestutsette | |||||
Kvinner | 1 485 | 1 610 | 1 462 | 1 569 | 1 039 |
Menn | 442 | 450 | 501 | 574 | 337 |
I alt | 1 927 | 2060 | 1963 | 2143 | 1 376 |
Tilsette | |||||
Kvinner | 75 | 87 | 104 | 131 | 120 |
Menn | 5 | 10 | 10 | 16 | 18 |
I alt | 80 | 97 | 114 | 147 | 138 |
1 Tal for 2009 gjeld berre førstegangs telefonkontakt.
Kjelde: Tal for 2009 er utarbeidd av Sentio Research AS.
Regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar (2008-2011) Vendepunkt inneheld 50 tiltak, og BLD er ansvarleg for gjennomføringa av fleire av desse tiltaka.
Som eitt tiltak i handlingsplanen har Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) utarbeidd ein rapport om menn som er utsette for vald i nære relasjonar og deira hjelpebehov. Rapporten Vold mot menn i nære relasjoner viser at mange menn som er utsette for vald i nære relasjonar, slit med mange av dei same konsekvensane av valden som kvinner gjer. Mange menn er usikre på kor dei kan vende seg for å få hjelp. NKVTS meiner at ein aktiv innsats for å leggje hjelpetilbodet til rette for menn og ein offensiv politikk for å motverke tabu og stereotypiar, vil kunne tydeleggjere behova til valdsutsette menn og føre til at fleire menn søkjer hjelp. Lov om kommunale krisesentertilbod gir kommunane påbod om å sørgje for eit krisesentertilbod også til menn. NKVTS gjennomfører òg ein kunnskapsstudie om valdsutsette kvinner med nedsett funksjonsevne og deira hjelpebehov.
I dei seinare åra har prosentdelen krisesenterbrukarar med etnisk minoritetsbakgrunn vore stadig aukande. I 2009 var 61 prosent) av bebuarane kvinner med minoritetsbakgrunn. NKVTS har gjennomført ein studie av årsakene til endringane i brukarsamansetjinga og bruken av krisesentera, knytt opp mot dei behova som ulike brukargrupper har for informasjon, hjelp og oppfølging. Rapporten om studien Et hjem for oss, et hjem for deg en studie om endringer i brukersammensetningen og bruk av krisesentrene, (NKVTS- rapport nr. 1/2010). Rapporten vil kunne gi viktige innspel til kommunane i deira arbeid med å utvikle vidare og styrkje krisesentertilbodet.
NKVTS gjennomfører òg ein kunnskapsstudie om valdsutsette kvinner med nedsett funksjonsevne og deira hjelpebehov. Det er eit mål i regjeringas handlingsplan mot vald i nære relasjonar at valdsutsette kvinner med nedsett funksjonsevne får eit tilbod tilpassa deira særlege behov. I 2008 var 21 krisesenter tilrettelagde for funksjonshemma brukarar. I 2009 var 24 senter tilrettelagde, medan seks var delvis tilrettelagde. To senter har høyrselsslynge, og eitt er tilrettelagt for synshemma brukarar.
Som eit anna tiltak i handlingsplanen har RVTS sør arbeidd med forslag til korleis krisesentertilbodet skal handtere valdsutsette kvinner med alvorlege rusproblem og/eller omfattande psykiske problem. Desse forslaga skal sjåast i samanheng med kommunane sitt ansvar gitt i krisesenterlova.
Bufdir starta i 2009 arbeidet med å utvikle eit prøveprosjekt for vidaregåande skole med særleg vekt på familierelasjonar, kommunikasjon og handsaming av konfliktar. Prosjektet blir utvikla som eit samarbeid mellom familievern og skole i Oslo, Namsos og Vest-Agder.
I tråd med Soria Moria-erklæringa etablerer regjeringa eit landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar. Stiftinga Alternativ til vold (ATV) er sentral i dette tilbodet. Eit ATV-kontor er under etablering i Bergen, og ATV-kontor er under planlegging på Hamar og Romerike. Desse tilboda kjem i tillegg til allereie eksisterande ATV-verksemd i Oslo, Drammen, Vestfold, Asker/Bærum, Telemark, Kristiansand, Arendal og Stavanger. Familievernkontora i Finnmark og Alternativ til vold starta i 2009 eit utviklingsprosjekt for å utvide tilbodet til valdsutøvarar i Finnmark. Målsetjinga med prosjektet er tredelt: kunnskapsformidling, terapeutopplæring og styrking av lokale faglege nettverk.
2009 var siste året i den treårige handlingsplanen mot menneskehandel. Som ledd i handlingsplanen har BLD, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet, Arbeidsdepartementet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Justis- og politidepartementet, Oslo kommune og Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Oslo, initiert eit to- til treårig prosjekt med formål å tilby trygge bustader med sosial, helserelatert og anna oppfølging til personar som er utsette for menneskehandel. Butiltaket, som starta opp våren 2009, blir drifta av Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Oslo. Tiltaket er spesielt tilrettelagt for mor og barn.
Krisesentertilbodet er framleis viktig for kvinner som er utsette for menneskehandel. Det er eit problem at mange av desse kvinnene blir buande for lenge på krisesentera.
Regjeringa sin treårige informasjonskampanje der målgruppene er allmenta, sexkjøparar og potensielle kjøparar, blei vidareført i 2009. Målet er at ein gjennom auka kunnskap, forståing og haldningsdanning skal bidra til å redusere etterspørselen.
Innanfor ramma av kampanjen Stopp menneskehandel blei desse tiltaka førte vidare i 2009 :
eiga kampanjenettside: stoppmenneskehandel.no
nettside hos Reform –ressurssenter for menn: sexhandel.no
etikkundervisning om sexkjøp og menneskehandel ved krigsskolane i Noreg
klasseundervisning på vidaregåande skolar med formål å førebyggje at unge gutar utnyttar andre til kjøp av sex (det har i samband med denne undervisninga vore film- og stilkonkurranse i den vidaregåande skolen).
Strategiar og tiltak for 2011
For å nå målet om gode og tilgjengelege tilbod til personar som er utsette for vald i nære relasjonar, skal det setjast i verk og førast vidare ei rekkje tiltak frå departementet si side. I tillegg til støtte til hjelpetiltak for offer er utviklinga av eit landsdekkjande hjelpetilbod til valdsutøvarar eit viktig tiltak for å kjempe mot vald i nære relasjonar. Menn skal også med i kampen mot vald mot kvinner gjennom eigne tiltak retta mot menn på mennene sine eigne arenaer.
Departementet vil utarbeide ei rettleiing til krisesenterlova. Rettleiinga vil innehalde presiseringar og tolkingar av lova og dessutan retningslinjer og tilrådingar til kommunane. Bufdir skal ha ansvaret for at det blir utarbeidd eigen statistikk om krisesentertilbodet også i 2011. Departementet vil arrangere ein konferanse for kommunane og fylkesmennene om krisesentertilbod. Det øyremerkte statstilskotet til krisesenter blir avvikla i 2011, og midlane blir lagde inn i kommunane sine rammer.
Ei betring av tilgjenget til incestsentera og valdtektssentera for alle dei aktuelle brukargruppene, inkludert personar med nedsett funksjonsevne og personar med etnisk minoritetsbakgrunn, er ei viktig målsetjing. Tilbodet til gutar og menn som er utsette for incest og seksuelle overgrep, vil vere eit viktig område. Arbeidet til incestsentera og valdtektssentera må sjåast i samanhang med det tilbodet hjelpeapparatet elles gir til personar som er utsette for incest og seksuelle overgrep.
BLD har ansvaret for gjennomføringa av ei rekkje tiltak i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2008-2011) Vendepunkt.
Dei regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane) er viktige samarbeidsinstansar for krisetiltaka. Det er eit mål at RVTS-ane skal hjelpe det kommunale krisesentertilbodet, incestsentera og valdtektssentera med kompetanseutvikling, informasjon, rettleiing og etablering av nettverk. RVTS-ane kan òg hjelpe kommunane med utviklinga av kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar.
Resultata frå utgreiinga til RVTS sør om rutinar for korleis valdsutsette kvinner med alvorlege rusproblem og/eller omfattande psykiske problem skal takast vare på i hjelpeapparatet, skal følgjast opp.
RVTS-ane vil få ei viktig rolle når det gjeld kompetanseheving innanfor det kommunale krisesentertilbodet også i 2011.
Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) har gjennomført fleire forskingsoppdrag på oppdrag frå BLD knytt til hjelpetiltak til offer for vald i nære relasjonar. Dette gjeld utgreiingar om vald mot menn i nære relasjonar og deira hjelpebehov, vald mot kvinner med nedsett funksjonsevne og deira hjelpebehov og endringar i bruken av og brukarsamansetjinga ved krisesentera. For 2011 vil NKVTS arbeide vidare ned oppdraget frå 2010 om å initiere prosjekt om vald i nære relasjonar i innvandrarfamiliar. Resultata frå desse forskingsprosjekta vil gå inn i arbeidet med den vidare utviklinga av hjelpetilbodet til kvinner og menn som er utsette for vald i nære relasjonar.
Arbeidet med å utvikle eit prosjekt for vidaregåande skole med særleg vekt på familierelasjonar, kommunikasjon og handsaming av konfliktar vil halde fram. Prosjektet er eit samarbeid mellom familievern og skole.
I Soria Moria-erklæringa slo regjeringspartia fast at behandlingstilbodet til valdsutøvarar skal utviklast vidare og gjerast landsdekkjande. Hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar har fått eit betydeleg løft dei siste åra, mellom anna gjennom opprettinga av fleire nye Alternativ til vold (ATV)-kontor over heile landet og eit samarbeid mellom ATV og Bufetat/familievernet om eit tilbod i Finnmark. Frå 2011 vil BLD overta ansvaret for forvaltinga av heile det statlege tilskotet til ATV.
Det er hovudsakleg menn som utøver alvorleg vald i nære relasjonar, og menn sit derfor med nøkkelen til å motverke vald mot kvinner. Det er nødvendig å få menn til å seie frå til menn som utøver vald at slik åtferd ikkje er akseptert, og at det finst tilbod om hjelp til valdsutøvarar som ønskjer å endre åtferda si. Med mål om å endre haldningar og åtferd hos menn generelt og valdsutøvarar spesielt, vil det bli sett i verk tiltak for å nå menn gjennom fotballen. Departementet vil starte ein kampanje i samarbeid med Norges Fotballforbund og Hvitt Bånd, som er ein internasjonal kampanje mot vold mot kvinner driven i regi av Reform – -ressurssenter for menn. Kampanjen vil rette seg mot klubbar og spelarar på alle nivå og mot supporterar.
I samsvar med krisesenterlova skal dei kommunale krisesentertilboda ta imot kvinner og menn som er offer for menneskehandel, eller der det er mistanke om at dei er offer, uavhengig av opphaldsstatus. Formålet er å gi akutt vern for ein kort periode. Kommunane må følgje opp kvinnene som er i ein refleksjonsperiode og syte for at dei får eit anna butilbod og ikkje blir buande på krisesenter over lang tid. Ein tek sikte på å føre vidare samarbeidet med Kirkens Bymisjon i Oslo og tiltaket Lauras Hus. Tiltaket er eit samfinansieringsprosjekt mellom fleire statlege instansar og inneber eit butilbod med tett oppfølging av den enkelte. Desse kvinnene er i ein særs utfordrande livssituasjon. Mange har fødd barn og har behov for ei rask avklaring av sin status i Noreg.
Delmål 4.1: Utvikling og effektiv handheving av likestillings- og diskrimineringslovgivinga
Resultatrapport 2009/2010
Ei samla lov mot diskriminering på alle grunnlag
Diskrimineringslovutvalet si innstilling NOU:14 Et helhetlig diskrimineringsvern, med forslag til ei samla lov mot diskriminering, blei send på høyring med frist 30. desember 2009. På grunnlag av høyringa arbeider departementet vidare med oppfølgjing. Regjeringa føreslo i Prop. 16 L (2009–2010) endringar i arbeidsmiljølova mv. som inneber at det blir stilt strengare krav til trussamfunn ved forskjellsbehandling på grunn av seksuell orientering og kjønn i samband med tilsetjingar. Lovendringane tredde i kraft 9. april 2010.
Strategiar og tiltak
Regjeringa vil føre vidare arbeidet for eit samfunn med likestilling og fråvær av diskriminering for alle. Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den enkelte og heile samfunnet. Likestilling vil seie at alle skal ha like rettar, plikter og høve på alle område i livet, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne m.m. BLD har ei pådrivar- og rettleiarrolle for å fremme likestilling og hindre diskriminering på ulike grunnlag overfor andre departement. Samstundes har kvart departement eit særskilt ansvar for å utvikle mål og strategiar på sine eigne fagområde. Å integrere arbeidet for likestilling i det ordinære daglege arbeidet og sikre at arbeidet blir forankra i leiinga i den enkelte verksemda, er viktige verkemiddel for å lykkast i arbeidet for å fremme likestilling på ulike grunnlag. Departementet skal syte for ei godt fungerande lovgiving mot diskriminering på dei ulike grunnlaga gjennom sitt ansvar som forvaltar av likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova og reglane om lik handsaming i arbeidslivet, jf. arbeidsmiljølova kapittel 13.
BLD vil styrkje arbeidet med å sjå dei ulike diskrimineringsgrunnlaga meir i samanheng. Arbeidet med ei samla lov mot diskriminering på ulike grunnlag, og arbeidet med å sikre at aktivitets- og rapporteringspliktene i likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova blir følgde opp av aktørane som er omfatta av pliktene, er viktige innsatsområde.
Departementet vil føre vidare arbeidet med å auke kjennskapen til pliktene etter dei tre lovene, både blant offentlege og private aktørar. Departementet tek òg sikte på å lyse ut prosjektmidlar som kan bidra til god oppfølging av aktivitets- og rapporteringspliktene, jf. tiltak i Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012).
For å sikre god informasjon om korleis likestillingsperspektivet på ulike grunnlag bør bli integrert i statleg utgreiingsarbeid, har BLD starta arbeidet med å revidere innhaldet i gjeldande rettleiingar og utarbeide ei ny felles rettleiing på ulike grunnlag.
Delmål 4.2: Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne
Resultatrapport 2009/2010
Inga diskriminering på grunnlag av seksuell orientering
Regjeringas handlingsplan Betre livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (2009–2012) forpliktar åtte departement til å gjennomføre over seksti tiltak i planperioden. Planen er ei tydeleggjering av staten sitt ansvar overfor lhbt-gruppene på ei rekkje område. Det er eit mål at ulike tilbod skal utviklast og tilpassast/styrkjast for å dekkje behov i dei aktuelle gruppene. For BLD er handlingsplanen eit godt verktøy for å koordinere og styrkje politikken overfor lhbt-personar.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet fordelte i 2009 midlar til prosjekt og tiltak som kan bidra til betre livskvalitet for lhbt-personar. BLD har gitt ut boka Skapsprengere. Komme ut av skapet-historier og gitt økonomisk støtte slik at boka Seksualitet i skolen kunne distribuerast til skolar over heile landet. Fafo har fått støtte til ein litteraturgjennomgang om tilhøva for eldre lhbt-personar. På oppdrag frå BLD har Fafo utarbeidd ein rapport om lesbiske og homofile i den samiske befolkninga. Rapporten viser at lesbiske og homofile samar er ei gruppe nesten ingen snakkar om. Kjønnsroller, familieband, religion, tradisjonar, diskriminering og fordommar gjer det vanskeleg å stå fram som lesbisk eller homofil i eit samisk miljø.
BLD har finansiert innsamling av data om levekår i regi av SSB, med seksuell orientering som ein bakgrunnsvariabel. Der er første gongen i norsk samanheng at det er gjort ei representativ undersøking av samanhengen mellom seksuell identitet og levekår. SSB offentleggjorde rapporten Seksuell identitet og levekår i 2010. Homofile, lesbiske og bifile har oftare symptom på svekt psykisk helse enn heterofile. Det er også teikn på at homofile, lesbiske og bifile har svekte levekår på andre område, men her er resultata usikre. I overkant av ein prosent av dei som svarte klassifiserer seg som homofil, lesbisk eller bifil. BLD bidreg i Europarådets arbeid for betring av tilhøva for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt) i Europa. Europarådet kom i 2010 med den første internasjonale rekommandasjon om politikken på lhbt-området. Europarådet skal følgje opp korleis medlemslanda gjennomfører rekommandasjonen, innan tre år.
Aktiv innsats mot etnisk diskriminering
Integrert likestillingsperspektiv for personar med etnisk minoritetsbakgrunn på alle politikkområde
Departementet la fram Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012) i april 2009. Innsatsen i planen er retta mot å motverke diskriminering som særleg innvandrarar og barna deira, samar og nasjonale minoritetar kan oppleve. Planen inneheld 66 nye tiltak som er spesielt retta mot arbeidsliv, offentleg tenesteyting, barnehage/skole/utdanning, bustadmarknad og diskriminering ved utestader. BLD koordinerer arbeidet med oppfølging av planen. Tiltaka er forankra i ni departement. Regjeringa samarbeider med partane i arbeidslivet om felles tiltak som inngår i planen. Eit av hovudmåla med handlingsplanen er å bidra til ei god implementering av dei nye aktivitets- og rapporteringspliktene i diskrimineringslova og i diskriminerings- og tilgjengelova. Eit anna hovudmål for handlingsplanen er å auke kunnskapen om arten av, omfanget av og årsakene til diskriminering for å kunne setje i verk meir treffsikre tiltak. Ein statusrapport per 1. januar 2010 syner at 47 av tiltaka er sette i gang i 2009. Sju er gjennomførte.
Det er utarbeidd ein eigen strategi for korleis aktørane som er omfatta av aktivitets- og rapporteringsplikta, skal få auka kjennskap til pliktene. Det er også sett i gang eit prosjekt, i samarbeid med Oslo kommune, kor ein ønskjer å styrkje kontrollen med at utestader følgjer forbodet mot diskriminering.
Hausten 2009 samla BLD ei rekkje kvinneorganisasjonar til utveksling av idear for å få innspel til departementet sitt vidare arbeid for auka likestiling for jenter og kvinner med innvandrarbakgrunn, og for å oppmuntre organisasjonane til å samarbeide på tvers. BLD har støtta mentorprogram på etnisitetsfeltet, nærmare bestemt HSH Womentor og NHO Global Future. BLD er også i ein prosess med å hente inn meir kunnskap om verknaden og utbytet av mentorordningar for minoritetskvinner både nasjonalt og internasjonalt, og er med i forum for utveksling av erfaringar med ulike aktørar på feltet.
Fafo avslutta prosjektet Familiepraksis og likestilling i innvandrede familier hausten 2009. Studien byggjer på registerdata, fokusgrupper og ei spørjeundersøking blant 1800 respondentar med bakgrunn frå Pakistan, Iran, Irak, Vietnam og personar som er fødde i Noreg av foreldre som har innvandra frå Pakistan. I tillegg er personar med etnisk norsk bakgrunn inkluderte. Funna i undersøkinga viser at haldningar til og praksis i familielivet varierer både mellom og innanfor grupper av innvandrarar. Foreldre speler ei langt større rolle når unge skal finne ein partnar i enkelte innvandra grupper enn det som er vanleg blant personar med etnisk norsk bakgrunn. Det er langt vanlegare å ha eit likedelt ansvar for familiens økonomi blant etnisk norske par enn blant innvandrarar. Fleire menn enn kvinner er i arbeid, og det er ein stor del som meiner at mor ikkje bør jobbe utanfor heimen når ho har barn under fire år. Oppfatninga om at menn og kvinner har hovudansvar for ulike typar oppgåver, er langt meir framståande blant innvandrarar enn i befolkninga sett under eitt. Medan så godt som alle med norsk bakgrunn meiner det er sannsynleg at dei vil finne ein institusjonsplass for foreldra sine dersom dei blir pleietrengande, er det eit mindretal av personar som har innvandra, og norskfødde med pakistanske foreldre som vil gjere det same.
I 2009 kom Noreg med i EUs høgnivågruppe på ikkje-diskriminering som observatør. Høgnivågruppa rapporterer om verksemda si til EUs årlege Equality Summi. Blant temaa som har vore oppe i gruppa i 2009 og 2010, er diskrimineringslovgiving, inkludert direktiv om ikkje-diskriminering, og arbeidet til ei EU- oppnemnd ekspertgruppe på lhbt og etnisk diskriminering i arbeidslivet. Den europeiske kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI) la i 2009 fram sin fjerde rapport om arbeidet i Noreg for å hindre rasisme og intoleranse.
Noreg sin 19./20. rapport om gjennomføring av FNs konvensjon om avskaffing av alle former for rasediskriminering (CERD) blei overlevert FN hausten 2009.
Strategiar og tiltak for 2011
Sentralt i arbeidet med å fremme gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne, står oppfølging av handlingsplan for betre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (2009-2012), handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009-2012) og handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009-2013).
Innsatsen for å sikre rettane til lesbiske og homofile, støtte homofile og lesbiske i å leve ope og aktivt motarbeide diskriminering, blir ført vidare i 2011. Regjeringa sin Handlingsplan for betre livskvalitet for lesbiske, homofile,bifile og transpersonar, 2009-2012er det viktigaste grunnlaget for innsatsen overfor lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt) i perioden. Det overordna målet er å få slutt på den diskrimineringa som mange lhbt-personar opplever i ulike livsfasar og sosiale samanhengar, til dømes innanfor arbeidsliv og idrett. Planen skal bidra til betre levekår og livskvalitet for gruppa.
Auka kunnskap, integrering av lhbt-kompetanse i ulike sektorar og betre tilbod på fleire samfunnsområde er sentrale mål i handlingsplanen. For betre å kunne nå desse måla vil BLD starte arbeidet med å etablere eit ressurssenter for lhbt-spørsmål i 2011. Meininga er at senteret skal få ansvar for ein nettstad for publisering av kunnskap om lhbt-spørsmål på tvers av sektorar og fagområde, for å dokumentere, vurdere og formidle kunnskap om lhbt-spørsmål og for å utarbeide og gjennomføre kompetansehevingsopplegg på feltet. Den auka innsatsen til regjeringa for å fremme likestilling og hindre diskriminering av personar med etnisk minoritetsbakgrunn blir ført vidare i 2011. Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012) er det viktigaste verkemiddelet på dette feltet i perioden. BLD koordinerer arbeidet med oppfølging av planen og samarbeider med dei åtte hovudorganisasjonane i arbeidslivet om felles tiltak for å hindre diskriminering i arbeidslivet.
Eitt av hovudmåla med handlingsplanen er å bidra til ei god implementering av dei nye aktivitets- og rapporteringspliktene, jf. omtale ovanfor. Eit anna hovudmål er å auke kunnskapen om arten av, omfanget av og årsakene til diskriminering for å kunne setje i verk meir treffsikre tiltak. Dei viktigaste tiltaka for BLD i 2011 er å etablere eit forum for likestillingsdata for å få betre oversikt over kva som finst av statistikk og manglar i denne, føre vidare arbeidet med å auke prosentdelen personar med etnisk minoritetsbakgrunn i styra i offentleg eigde føretak, gjennomføre forskingsprosjekt om antisemittisme, gi tilskot til ulike prosjekt og tiltak som støtter opp om aktivitets- og rapporteringspliktene, og styrkje informasjonen om rettane til kvinner og menn med minoritetsbakgrunn. BLD tek sikte på å revidere handlingsplanen i 2011.
I 2009 leverte Fafo ein rapport om familiepraksis og likestilling i innvandra familiar til departementet (sjå omtale under Resultatrapport). Departementet ønskjer å få identifisert og drøfta likestillingspolitiske dilemma i møte mellom familie- og sosialpolitikken i Noreg på den eine sida og ein stadig større innvandra befolkning på den andre sida. Det er derfor sett i gang eit prosjekt som skal bruke Fafo-databasen til å analysere lønnsarbeid blant innvandra kvinner, kvinner og økonomi, den innvandra mannen og familien og etterkommarar.
Det skal etablerast eit prosjekt for å utvikle sjølvforsvarskurs for jenter og tilby dette for vidaregåande skole. Målet med kursa skal vere å lære jenter korleis dei kan reagere på og setje grenser mot ulike typar diskriminering, mellom anna mot usynleggjering, latterleggjering og seksuell trakassering.
Delmål 4.3: Gode verkemiddel for å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne
Resultatrapport 2009/2010
Likestilling og deltaking for personar med nedsett funksjonsevne
Integrert likestillingsperspektiv for personar med nedsett funksjonsevne
Diskriminerings- og tilgjengelova tredde i kraft 1. januar 2009. Likestillings- og diskrimineringsombodet, som handhevar lova, rapporterer at saksmengda til ombodet har auka som følgje av lova. Aktivitets- og rapporteringspliktene i diskriminerings- og tilgjengelova har gått inn i det prioriterte formidlingsarbeidet til BLD på feltet.
Regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge 2009–2013 blei lagd fram i 2009. Handlingsplanen støttar opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan og bygningslov og anna lovgiving som handlar om universell utforming. Prioriterte innsatsområde i planen er bygg, uteområde/planlegging, transport og IKT. 16 departement er involverte med over 200 tiltak i handlingsplanen. Tiltaka har ei tidsramme på frå eitt til 15 år, og fleire er større program som leverer resultat årleg. Nær 10 tiltak er avslutta i 2009. Tiltak innanfor mellom anna kommunalt utviklingsarbeid, informasjon, opplæring og utdanning, standardisering og indikatorutvikling fekk støtte frå stimuleringsmidlar til handlingsplanen i 2009. Regjeringa er i gang med å få fram indikatorar for tilgjenge som både kan måle grad av tilgjenge og effekt av innsats for auka tilgjenge over tid.
Deltasenteret har i 2009 sett i gang undersøkingar av korleis tilgjenget er på nokre utvalde område i samfunnet. Dette året var det skolar og utestader som blei prioriterte. Det er sett i verk eit større arbeid for å få meir forståing for korleis universell utforming kan fremme arbeidet med ein skole for alle. Formålet er å forstå betre kva område som bør prioriterast når ein skal utarbeide rettleiingsmateriell og verktøy for statlege og kommunale verksemder. Arbeidet med å utvikle indikatorar på universell utforming syner at vi har manglande grunnlagsdata om tilgjenge. Når ein skal gjere greie for tilgjenge i dag og følgje utviklinga over tid, er dette grunnlagsmaterialet nødvendig. Før stortingsvalet blei det retta merksemd mot korleis ein oppnår tilgjenge til vallokala for alle. Det er gjennomført undersøkingar som gir meir kunnskap om i kva grad personar med nedsett funksjonsevne deltek i lokalpolitikken, og kva som skal til for at alle skal ha høve til å stille til val og utøve oppgåvene sine som folkevalde.
IT Funk (2007–2013) er ei tverrgåande satsing knytt til personar med nedsett funksjonsevne og ny teknologi under Noregs forskingsråd. Gjennom fleire år har satsinga utvikla ein arbeidsform basert på tett samarbeid mellom næringsliv, FoU-miljø, brukarorganisasjonar og offentlege instansar.
Helsedirektoratet fekk i 2009 midlar til FoU-tiltak som skal betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Midlane har mellom anna blitt nytta til finansiering av tidsskriftet Klar Tale, til basisfinansiering av Stiftelsen SOR, til å gi auka kunnskap om funksjonshemmande barrierar gjennom dokumentasjon og utgreiing, til å greie ut levekårsutfordringar, til trainee-program, til prosjektet Familieveiviser, som skal bidra til eit betre tenestetilbod for familiar med barn med nedsett funksjonsevne, til informasjons- og utvilingsarbeid om fritid og til publikasjon om rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne til offentleg sektor.
Statens råd for likestilling av funksjonshemma, som har til oppgåve å gi råd mellom anna til departement og direktorat, sette i 2009 søkjelyset på sysselsetjing av personar med nedsett funksjonsevne.
Informasjons- og utviklingsprogrammet Mennesker med utviklingshemming skal heller ikke diskrimineres! er lagt fram hausten 2010. Programmet skal skape nytt medvit om politikken for menneske med utviklingshemming som blei utforma i samband med ansvarsreforma i 1990-åra.
Gjennomføring av politikken krev respekt for menneskerettane og nasjonal lovgiving og kunnskap om gode praktiske løysingar. Programmet skal også bidra til kunnskap om i kva grad ein når måla for politikken, og det skal bidra til utviklingsarbeid som styrkjer kompetansen til tenesteutøvarane sin kompetanse. Det er laga i samarbeid med andre departement, faginstansar og interesseorganisasjonar.
122 organisasjonar for funksjonshemma fekk driftstilskot i 2009. Det blei i alt løyvt 102,693 mill. kroner. Kvart år blir nye organisasjonar godkjende. Samstundes aukar medlemstalet i tidlegare godkjende organisasjonar. Dette har ført til at fleire organisasjonar fekk lågare tilskot enn i 2008.
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) fekk høvesvis 10,7 og 0,87 mill. kroner i tilskot i 2009. I tillegg fekk FFO ei løyving på 0,69 mill. kroner øyremerkte til lokale ferie- og velferdstiltak.
I 2009 blei det tildelt 26,8 mill. kroner til likemannsarbeid. Av dette gjekk 20,1 mill. kroner til likemannsarbeid ordinært fordelte på 110 organisasjonar og 6,7 mill. kroner til likemannsarbeid i samband med attføring og arbeid fordelt på 40 organisasjonar.
I 2009 blei det fordelt 9 mill. kroner til ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Av dette blei 6 mill. kroner fordelte til sommarleir for barn med nedsett funksjonsevne og særskilt store hjelpebehov i regi av funksjonshemma sine organisasjonar. Dei resterande 3 mill. kronene blei fordelte på ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne i regi av frivillige organisasjonar. Det blei løyvt tilskot til sommarleir for barn til 15 organisasjonar og tilskot til ferie- og velferdstiltak til 100 organisasjonar.
Som ansvarleg departement for koordinering av politikken for personar med nedsett funksjonsevne deltok BLD i nordisk samarbeid gjennom Ministerrådet for sosial og helse (MR-S) og Det nordiske handikappolitiske rådet.
BLD tek del i EUs høgnivågruppe for personar med nedsett funksjonsevne som observatør. I 2009 starta høgnivågruppa opp arbeidet med den europeiske strategien for personar med nedsett funksjonsevne for 2010–2020.
Ministerrådet i Europarådet vedtok i 2006 ein eigen handlingsplan for personar med nedsett funksjonsevne for perioden 2006–2015. Det er etablert eit eige forum (CAHPAH) som følgjer opp handlingsplanen. Noreg er med i dette forumet.
Arbeidet med førebuing av norsk ratifisering av FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne blei ført vidare i 2009 i samarbeid med andre departement.
Strategiar og tiltak for 2011
For å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne vil BLD støtte opp under implementering av diskriminerings- og tilgjengelova. Viktige verkemiddel på området er oppfølging av handlingsplanen for universell utforming og auka tilgjenge for 2009–2013, gjennomgang av strategiplanen for familiar med barn som har nedsett funksjonsevne, og eit nytt informasjons- og utviklingsprogram om politikken for personar med utviklingshemming.
Arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne i alle aldersgrupper må sjåast i samanheng med andre diskrimineringsgrunnlag som kjønn, seksuell legning og etnisk bakgrunn.
Regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge 2009–2013skal støtte opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan og bygningslov og anna ny lovgiving som handlar om universell utforming. Regjeringas visjon er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Visjonen skal ein nå gjennom ulike sektortilpassa verkemiddel. Det blir nytta tidfesta mål. Sentrale innsatsområde i planen er bygg, uteområde/planlegging, transport og IKT. Ein raud tråd i planen er auka sysselsetjing for personar med nedsett funksjonsevne. Gjennom handlingsplanen skal departementet arbeide for at sektorstyresmaktene skal implementere universell utforming som standard i regelverk og praksis. Det er oppretta eit forum med deltaking frå interesseorganisasjonar, faglege organisasjonar og faginstitusjonar for informasjon og tilbakemelding om tiltak og framdrift i handlingsplanen. Handlingsplanen vil bli evaluert. Regjeringa er i gang med å utvikle nasjonale indikatorar for tilgjenge. Formålet med dette arbeidet er å få fram konkrete indikatorar som kan måle grad av tilgjenge og seie noko om effekten av innsats over tid.
BLD vil gå gjennom strategiplanen for barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira. BLD vil i dette arbeidet leggje vekt på at tenestetilbodet skal verke meir heilskapleg og koordinert.
BLD vil i samarbeid med andre departement følgje opp arbeidet med gjennomføring av informasjons- og utviklingsprogrammet Mennesker med utviklingshemming skal heller ikke diskrimineres! jf. Resultatrapport.
IT Funk-programmet skal gjennomførast i perioden 2007–2012, jf. omtale under Resultatrapport. Det er utarbeidd ein ny strategi for IT Funk sitt arbeid med forsking og innovasjon. Den nye strategien skal leggjast til grunn for arbeidet i perioden 2010–2012.
BLD vil ta initiativ til ein gjennomgang av regelverket for tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar.
BLD vil styrkje arbeidet for likestilling og mot diskriminering i nordisk samarbeid, mellom anna gjennom arbeidet i Ministerrådet for likestilling. Det er eit mål å utvide omgrepet likestilling i det nordiske samarbeidet til å omfatte fleire diskrimineringsgrunnlag enn kjønn og nedsatt funksjonsevne, så som etnisitet, og seksuell orientering, og sjå desse i samanheng. Noreg vil arrangere ein internasjonal konferanse om universell utforming i 2012. Dette skjer i samarbeid med blant andre Nordisk Ministerråd og Europarådet. Fleire departement og fagetatar i Noreg bidreg.
Noreg tek del som observatør i EUs høgnivågruppe for personar med nedsett funksjonsevne. Departementet vil følgje opp EUs arbeid med rettane til personar med nedsett funksjonsevne.
Noreg deltek aktivt i Europarådet sitt arbeid med rettane til personar med nedsett funksjonsevne.
BLD vil styrkje det internasjonale arbeidet med å følgje opp FN konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. BLD stiller derfor ressursar til disposisjon for arbeidet til FNs spesialrapportør for personar med nedsett funksjonsevne.
Nærmare om budsjettforslaget:
Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
840 | Krisetiltak | 270 488 | 349 418 | 99 000 | -71,7 |
841 | Samliv og konfliktløysing | 30 037 | 33 545 | 33 476 | -0,2 |
842 | Familievern | 323 241 | 324 563 | 337 730 | 4,1 |
843 | Likestillings- og diskrimineringsnemnda | 1 947 | 2 272 | 2 363 | 4,0 |
844 | Kontantstøtte | 1 514 046 | 1 418 000 | 1 437 000 | 1,3 |
845 | Barnetrygd | 14 782 318 | 14 820 000 | 14 950 000 | 0,9 |
846 | Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. | 55 674 | 66 494 | 69 556 | 4,6 |
847 | Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne | 196 064 | 210 003 | 213 613 | 1,7 |
849 | Likestillings- og diskrimineringsombodet | 48 959 | 51 128 | 52 713 | 3,1 |
Sum kategori 11.10 | 17 222 774 | 17 275 423 | 17 195 451 | -0,5 |
Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
01-23 | Drift | 292 342 | 286 834 | 295 066 | 2,9 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskapar | 65 581 | 68 297 | 64 813 | -5,1 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 233 276 | 312 097 | 63 659 | -79,6 |
70-98 | Overføringar til private | 16 631 575 | 16 608 195 | 16 771 913 | 1,0 |
Sum kategori 11.10 | 17 222 774 | 17 275 423 | 17 195 451 | -0,5 |
Inntekter under programkategori 11.10 fordelt på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
3842 | Familievern | 7 418 | 560 | 577 | 3,0 |
3846 | Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. | 934 | |||
Sum kategori 11.10 | 8 352 | 560 | 577 | 3,0 |
Kap. 840 Krisetiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 25 222 | 13 919 | 5 547 |
60 | Tilskot til krisesenter | 176 721 | 250 292 | |
61 | Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving | 56 555 | 61 805 | 63 659 |
70 | Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 01 | 11 990 | 23 402 | 29 794 |
Sum kap. 840 | 270 488 | 349 418 | 99 000 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga vil bli nytta til finansiering av tiltak i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, tiltak knytt til implementering av krisesenterlova, tiltak mot menneskehandel og andre valdsførebyggjande tiltak. Det er sett av 1 mill. kroner til tiltak mot vald på typiske mannsarenaer.
Midlar til gjennomføring av tiltaka under handlingsplanane mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap, 8,7 mill. kroner, er overførte til kap. 821 og 858. Til saman 650 000 kroner er overførte til kap. 840, post 70 til finansiering av butiltak for offer for menneskehandel og til tilskot til landskonferanse for incestoffer for ei meir korrekt postbruk. Posten er i tillegg føreslått redusert med 440 000 kroner til andre tiltak.
Post 60 Tilskot til krisesenter
Posten blir føreslått avvikla frå budsjettåret 2011, jf. nærmare omtale under delmålet Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar, Resultatrapport 2009/2010. Om lag 238 mill. kroner er innlemma i rammetilskotet for kommunane for 2011 (571 Rammetilskudd til kommuner, post 60 Innbyggertilskudd).
Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter
Mål
Løyvinga dekkjer tilskot til incestsenter for incestutsette og pårørande til incestutsette barn og til valdtektssenter for valdtektsutsette og pårørande.
Tildelingskriterium
Vertskommunen for det enkelte incestsenteret eller valdtektssenteret skal godkjenne budsjettet og har ansvar for økonomioppfølging. Det blir gitt eigne retningslinjer for statstilskot til incestsentera og valdtektssentera i rundskriv Q-22. Statstilskotet er øyremerkt. Finansieringa er delt mellom stat og kommune, slik at 20 prosent kommunalt tilskot, og eventuelt tilskot frå helseføretak og fylkeskommune, utløyser 80 prosent statleg tilskot.
Oppfølging og kontroll
Incestsentera og valdtektssentera skal utarbeide årsrapport og statistikk for verksemda.
Budsjettforslag for 2011
Løyvinga dekkjer tilskot til tjue incestsenter og til to valdtektssenter. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet i rundskriv Q-22/2011.
Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858, post 01
Løyvinga dekkjer mellom anna tilskot til NKVTS, Blåys, Landsforeningen for seksuelt misbrukte, Stiftelsen fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO), og landsdekkjande hjelpetelefon til incestutsette. Midlane til FMSO og incesttelefonen blir forvalta av Bufdir. Dette gjeld òg midlar til valdsførebyggjande tiltak. Midlane til Bufdir kan òg nyttast til forsøks- og utviklingstiltak.
Ansvaret for forvaltinga av den statlege løyvinga til Alternativ til Vold (ATV) blir overført til BLD frå 2011. Årlege driftsutgifter for 12 kontor og ATVs sentrale verksemd er stipulert til 22,5 mill. kroner i 2011. 20,3 mill. kroner blir overførte til posten frå Justis- og politidepartementet, kap. 440, post 01, og 1,1 mill. kroner frå Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 764, post 72. ATV og Bufetat/familievernet samarbeider elles om eit tilbod til valdsutøvarar i Finnmark. Tilbodet i Finnmark blir finansiert under kap. 842, post 21.
15,7 mill. kroner er overførte til kap. 821, av desse er 10,5 mill. kroner til butilbod for einslege mindreårige asylsøkjarar over 18 år. 650 000 kroner er flytta frå kap. 840, post 21 for ei meir korrekt postbruk.
Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
21 | Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving | 12 523 | 13 416 | 13 832 |
22 | Opplæring, forsking, utvikling mv. | 6 113 | 6 314 | 6 010 |
23 | Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving | 6 049 | 6 243 | 6 437 |
70 | Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01 | 5 352 | 4 572 | 4 344 |
71 | Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar | 3 000 | 2 853 | |
Sum kap. 841 | 30 037 | 33 545 | 33 476 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekning av reiseutgifter for foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter ikkje fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter tilsvarande satsar som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og politidepartementet. Satsen er føreslått til 905 kroner per time frå 1. januar 2011. Ordninga blir forvalta av Bufdir.
Post 22 Opplæring, forsking, utvikling mv.
Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving for meklarkorpset, inkludert ei styrking knytt til implementering av auka metodisk kompetanse i høgkonfliktsaker. Bufdir forvaltar midlar til opplæring av meklarar. Midlane under posten skal òg nyttast til evaluering av meklingsordninga, kompetanseheving knytt til sakshandsaming i barnefordelingssaker, informasjonstiltak og tiltak for å betre foreldresamarbeidet etter samlivsbrot. Posten er føreslått redusert med 0,5 mill. kroner til andre prioritert områder.
Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving
Rettsmedisinsk institutt ved Universitetet i Oslo utfører alle DNA-analysar rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap, og departementet refunderer utgiftene dette medfører. Utgiftene til DNA-analysar følgjer automatisk av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap.
Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01
Posten omfattar tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. Løyvinga blir forvalta av Bufdir. Posten er føreslått redusert med 0,66 mill. kroner i samband med interne omprioriteringar.
Post 71 Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar
Posten skal nyttast til ulike tiltak for å styrkje tilboda til barn som opplever sterke konfliktar i heimen i samband med samlivsbrot. Mellom anna skal midlane gå til tilbod om samtalegrupper for barn og unge som opplever samlivsbrot, til å stimulere til auka samarbeid mellom kommunale tenester for barn og unge og til å fange opp barn og unge som treng særskild oppfølging på eit tidleg tidspunkt. Midlane skal òg nyttast til å utvikle parallelle tilbod om samarbeidssamtaler for foreldra ved familievernkontora. Posten er føreslått redusert med 0,24 mill. kroner til andre tiltak på BLDs område.
Kap. 842 Familievern
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 70 | 195 436 | 193 176 | 202 860 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 4 851 | 7 280 | 6 916 |
70 | Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01 | 122 954 | 124 107 | 127 954 |
Sum kap. 842 | 323 241 | 324 563 | 337 730 |
Status for verksemda
Familievernet er ei spesialteneste som har familierelaterte problem som sitt fagfelt. Familievernet er den einaste delen av hjelpeapparatet som har familien som hovudarbeidsområde og parbehandling som spesialfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter § 26 i lov om ekteskap og § 51 i barnelova. Familievernkontora driv utoverretta verksemd om familierelaterte tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervisning retta mot hjelpeapparatet og publikum.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70
Posten dekkjer lønn til faste stillingar, engasjement, ekstrahjelp og godtgjersle, og utgifter til varer og tenester i det offentlege familievernet. Løyvinga omfattar også tilskot til oppgåvene til dei offentlege familievernkontora knytte til samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858 Barne- ungdoms- og familiedirektoratet, post 01), og dekkjer administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet, deriblant kompetanse på vald i nære relasjonar. Midlane blir hovudsakleg forvalta av Bufdir, mellom anna til oppfølging av tiltak i kompetanseplanen for familievernet og til vidareføring av arbeidet med brukarretta kvalitetsutvikling i tenesta.
Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01
Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjelege familievernkontora. Dei kyrkjelege familievernkontora får midlar til drifta ved tilskotsbrev frå Bufetat i samsvar med avtale om drift av familievernkontor. Posten dekkjer også tilskot til oppgåvene til dei kyrkjelege familievernkontora knytte til samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858, post 01), og dekkjer tilskot til drift av organisasjonen Kirkens familievern. Posten er føreslått redusert med 0,59 mill. kroner til andre tiltak på BLDs område.
Kap. 3842 Familievern
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Diverse inntekter | 763 | 560 | 577 |
15 | Refusjon av arbeidsmarkedstiltak | 44 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 026 | ||
18 | Refusjon av sykepengar | 5 585 | ||
Sum kap. 3842 | 7 418 | 560 | 577 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år til år.
Kap. 843 Likestillings- og diskrimineringsnemnda
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 1 947 | 2 272 | 2 363 |
Sum kap. 843 | 1 947 | 2 272 | 2 363 |
Status for verksemda
Likestillings- og diskrimineringsnemndas kompetanse og oppgåver er regulerte i diskrimineringsombodslova med tilhøyrande forskrift. Nemnda handhevar reglar om diskriminering i desse lovene: likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, arbeidsmiljølova kap. 13 og bustadlovene. Nemnda er eit sjølvstendig forvaltingsorgan som er administrativt underlagt departementet. Departementet kan ikkje gi instruks om eller gjere om nemnda si utøving av styresmakt i handsaminga av enkeltsaker.
Nemnda er eit kollegialt organ med 12 medlemmer: éin leiar, éin nestleiar, seks andre medlemmer og fire varamedlemmer. Oppnemningstida for halvparten av medlemmene og varamedlemmene i nemnda gjekk ut ved årsskiftet 2009/2010. Det er oppnemnt ny leiar, to ny faste medlemmer og ein ny varamedlem. Éin fast medlem og éin varamedlem held fram i sine verv.
I kvart møte deltek fem medlemmer. Nemnda har eige sekretariat som førebur møta, legg fram saker for nemnda, lagar utkast til vedtak etter rådslaging i nemnda og administrerer ordninga med tvangsmulkt. Departementet har det administrative ansvaret for nemnda, mellom anna tilsetjing i sekretariatet.
Alle saker i nemnda blir handsama først av Likestillings- og diskrimineringsombodet, som gir ei fråsegn i saka. I hastesaker kan ombodet fatte bindande vedtak etter diskrimineringsombodslova § 4. Da blir nemnda ordinær klageinstans.
Nemnda kan gjere vedtak eller gi fråsegn om at det ligg føre brot på dei lovene ho er sett til å handheve. Nemnda kan gi påbod om at det diskriminerande tilhøvet blir stansa eller retta.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til medarbeidarar og andre driftsutgifter for sekretariatet, dessutan godtgjersle og utgifter til nemndmedlemmer og eventuelle vitne og sakkunnige som blir innkalla.
Nemnda hadde to faste stillingsheimlar per 1. juli 2010.
Kap. 844 Kontantstøtte
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
70 | Tilskot, overslagsløyving | 1 514 046 | 1 418 000 | 1 437 000 |
Sum kap. 844 | 1 514 046 | 1 418 000 | 1 437 000 |
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre. Målet med ordninga og tildelingskriteria går fram av lova.
Oppfølging og kontroll
Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som administrativt er underlagt Arbeidsdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeidsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og BLD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i resultatoppfølging og økonomikontroll blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa og Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Budsjettforslag 2011
Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og prognosar over
forventa tal på barn i kontantstøttealder basert på mellom anna SSB si siste befolkningsframskriving
forventa utvikling i bruk av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet
måltal for nye barn i barnehage i 2010 og 2011, jf. omtale i Kunnskapsdepartementet sin Prop. 1 S (2010–-2011) under kap. 231 Barnehagar.
Forslag til satsar for 2011 står i tabell 3.10 nedanfor.
Tabell 3.10 Talet på barn med rett til stønad. Prognosar for 2010 og 2011
Gjennomsnitt 2009 | Gjennomsnitt 2010 | Gjennomsnitt 2011 | |
---|---|---|---|
Eitt- og toåringar med kontantstøtte | 42 351 | 38 700* | 39 887 |
Kjelde: * Saldert budsjett 2010
Tabell 3.11 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2011 (kroner)
Avtalt opphaldstid per veke | Kontantstøtte i prosent av full yting | Beløp per barn per år | Beløp per barn per månad |
---|---|---|---|
Ikkje bruk av barnehageplass | 100 | 39 636 | 3 303 |
Til og med 8 timar | 80 | 31 704 | 2 642 |
9–16 timar | 60 | 23 784 | 1 982 |
17–24 timar | 40 | 15 852 | 1 321 |
25–32 timar | 20 | 7 932 | 661 |
33 timar eller meir | 0 | 0 | 0 |
Kap. 845 Barnetrygd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
70 | Tilskot, overslagsløyving | 14 782 318 | 14 820 000 | 14 950 000 |
Sum kap. 845 | 14 782 318 | 14 820 000 | 14 950 000 |
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Mål
Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til forsørging av barn.
Tildelingskriterium
Barnetrygda er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd. Tildelingskriteria går fram av lova.
Oppfølging og kontroll
Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt. under kap. 844 Kontantstøtte.
Budsjettforslag 2011
Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar frå 2010 og prognosar over
talet på barn med rett til barnetrygd, og talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn faktisk barnetal)
talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn 0–-3 år
talet på barn med finnmarks- og svalbardtillegg
forventa utgifter til etterbetalingar.
Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB, jf. tabellane under.
Tabell 3.12 Forslag til satsar for barnetrygd 2011 ( i kroner)
Satsar per månad | Satsar per år | |
---|---|---|
Ordinær barnetrygd | 970 | 11 640 |
Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år | 660 | 7 920 |
Finnmarkstillegg for barn 0–18 år | 320 | 3 840 |
Svalbardtillegg for barn 0–18 år | 320 | 3 840 |
Tabell 3.13 Talet på barn med rett til barnetrygd i 2009. Prognosar for 2010 og 2011
Gjennomsnitt 2009 | Gjennomsnitt 2010* | Gjennomsnitt 2011 | |
---|---|---|---|
Barn med barnetrygd | 1 098 318 | 1 101 810 | 1 114 300 |
Barn med finnmarkstillegg | 20 842 | 20 530 | 20 334 |
Barn med svalbardtillegg | 423 | 465 | 425 |
Kjelde: * Saldert budsjett 2010
Tabell 3.14 Talet på stønadsmottakarar i 2009. Prognosar for 2010 og 2011
Gjennomsnitt 2009 | Gjennomsnitt 2010* | Gjennomsnitt 2011 | |
---|---|---|---|
Stønadsmottakarar med barnetrygd for | |||
- eitt barn | 282 688 | 287 226 | 294 018 |
- to barn | 245 680 | 249 641 | 251 224 |
-tre barn | 84 447 | 85 808 | 85 101 |
-fire barn | 14 118 | 14 346 | 14 061 |
- fem eller fleire barn | 3 509 | 3 566 | 3 606 |
Sum stønadsmottakarar | 638 698 | 640 587 | 648 000 |
Stønadsmottakarar med utvida stønad | 128 379 | 129 566 | 133 522 |
Stønadsmottakarar med småbarntillegg til einsleg forsørgjar | 6 223 | 6 826 | 6 410 |
Kjelde: * Saldert budsjett 2010
I tala for stønadsmottakarar med barnetrygd for to, tre barn mv. inngår einslege forsørgjarar som mottek ei ekstra barnetrygd (utvida stønad), til dømes einslege forsørgjarar med to barn som får tre barnetrygder.
Utrekning av utgifter til barnetrygd basert på talet på barn, satsar mv. i tabellane ovanfor, vil gi eit noko lågare utgiftsnivå enn budsjettforslaget for 2011. Avviket kjem av etterbetalingar, som særleg gjeld EØS-borgarar med arbeid i Noreg.
Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50 | 11 509 | 16 093 | 23 967 |
50 | Forsking, kan nyttast under post 21 | 9 939 | 11 348 | 6 500 |
70 | Tilskot | 15 579 | 15 108 | 16 587 |
71 | Særlege familiepolitiske tiltak | 1 020 | 1 053 | |
72 | Tiltak for lesbiske og homofile | 7 936 | 7 341 | 9 069 |
73 | Tilskot til Likestillingssentre | 5 140 | 5 304 | 5 468 |
79 | Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast | 4 551 | 10 247 | 7 965 |
Sum kap. 846 | 55 674 | 66 494 | 69 556 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50
Forskings- og utviklingsmidlane på denne posten blir i hovudsak nytta til finansiering av større og mindre enkeltprosjekt av særleg relevans på områda samliv, likestilling og antidiskriminering. Det er mellom anna sett av midlar til gjennomføring av regjeringa sine handlingsplanar Betre livskvalitet forlesbiske, homofile, bifile og transpersonar 2009–2012, jf. òg post 72, Handlingsplan for å fremmelikestilling og hindre etnisk diskriminering og den nye handlingsplanen for kjønnslikestilling. Posten dekkjer òg utgifter knytte til rådsstilling ved EU-delegasjonen i Brussel med ansvar for barne-, familie-, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken. Det er sett av 2 mill. kroner til etablering av ressurssenter for lhbt-spørsmål neste år og midlar til 100-årskomiteen for allmenn stemmerett.
Forskingsmidlar på til saman 5,2 mill. kroner er flytta frå kap. 846, post 50. 125 000 kroner er overførte til kap. 846, post 70 til Gáldu for ei meir korrekt postbruk. Midlane skal gå til ei prosjektstilling i samband med oppfølging av Sametinget sin likestillingsplan. Løyvinga på posten er samla sett føreslått auka med 2,3 mill. kroner i samband med interne omprioriteringar på BLDs budsjett.
Post 50 Forsking, kan nyttast under post 21
Midlane skal nyttast til Kjønnsforskningsprogrammet og programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon i regi av Noregs forskingsråd (NFR). 5,2 mill. kroner er overførte til kap. 846, post 21. Dette blir gjort for å reindyrke post 50 til programløyvingar til NFR.
Post 70 Tilskot
Posten blir nytta til tiltak og prosjekt for å fremme kjønnslikestilling, og til tilskot til frivillige organisasjonar. Departementet vil forlenge prøveperioden for dei tre regionale sentera for likestilling og mangfald med eitt år. Løyvinga på 4 mill. kroner til grunnfinansiering av Reform – ressurssenter for menn blir ført vidare. BLD har gjennom ein treårsperiode ytt midlar til finansiering av professorat i manns- og likestillingsforsking ved Universitetet i Oslo. Denne finansieringa held fram til og med 1. kvartal 2011. Støtta til Harry Benjamin ressurssenter, Forum for kvinner og utviklingsspørsmål og Sametinget sin likestillingsplan blir ført vidare. BLD løyver pengar til drift av nettportalane Gender in Norway og orgbase.no. Begge portalane er drifta av KILDEN Informasjonssenter for kjønnsforsking, underlagt Noregs forskingsråd.
125 000 kroner er overførte frå kap. 846/21 til Gáldu. Midlane skal gå til ei prosjektstilling i samband med oppfølging av Sametinget sin likestillingsplan, jf. omtale under post 21.
Tilskotet til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar er auka med 1 mill. kroner samanlikna med saldert 2010-budsjett til 3,55 mill. kroner neste år, jf. omtale nedanfor. Kap. 846, post 71 blir avvikla frå 2011, og midlane, 1,086 mill. kroner, er overførte til denne posten. Samla tilskot til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar i 2011 er 4,636 mill. kroner.
Målet med tilskotsordninga er å bidra til debatt, auka kunnskap og synleggjering av familie- og likestillingspolitiske tema. Ordninga skal leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane kan supplere og korrigere det offentlege familie- og likestillingspolitiske arbeidet.
Det blir gitt tilskot til drift av frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk og til tiltak/prosjekt som er i tråd med formålet for tilskotsordninga. Midlane blir lyste ut, og tildeling skjer ein gong i året på grunnlag av søknad. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitte av departementet i årleg rundskriv Q-1.
Post 71 Særlege familiepolitiske tiltak
Posten er føreslått avvikla frå 2011, og midlane, 1,086 mill. kroner er overførte til kap. 846, post 70.
Post 72 Tiltak for lesbiske og homofile
Løyvinga vil bli nytta til tilskot til LLH, Skeiv ungdom, bladet BLIKK og relevante prosjekt i regi av ulike interesseorganisasjonar. Midlane til det sistnemnde formålet er styrkt med 0,5 mill. kroner. Løyvinga er styrkt med 1 mill. kroner som skal nyttast til driftstilskot til LLH og Skeiv verden.
Post 73 Tilskot til likestillingssenter
Det er sett av midlar til delfinansiering av verksemda ved Likestillingssenteret, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Hamar og verksemda ved KUN – Senter for kunnskap og likestilling, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet Nord. Tilskotet skal mellom anna bidra til at sentera skal jobbe for å fremme likestilling mellom kjønna, og bidra til å utvikle kunnskapen om kjønn. Sentera skal òg bidra til å synleggjere dei områda der det er relevant å krysse kjønn med andre diskrimineringsgrunnlag.
Post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast
Noreg deltek i det fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007-2013). Programmet inkluderer desse områda: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår, arbeid mot diskriminering og for mangfald. Posten er føreslått redusert med 2,6 mill. kroner til andre tiltak på BLDs område.
Kap. 3846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Prosjektinntekter | 934 | ||
Sum kap. 3846 | 934 |
Kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71 | 28 692 | 28 121 | 27 134 |
50 | Forsking | 6 683 | 5 821 | 5 600 |
70 | Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar | 150 615 | 155 577 | 161 400 |
71 | Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 10 074 | 20 484 | 19 479 |
Sum kap. 847 | 196 064 | 210 003 | 213 613 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Løyvinga på posten blir nytta til målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak som bidreg til å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. 401 000 kroner er overførte frå post 50 for ei meir korrekt postbruk. Posten er føreslått redusert med 2,26 mill. kroner til andre tiltak på BLDs område.
Post 50 Forsking
Løyvinga på posten skal nyttast av Noregs forskingsråd til IT Funk, som er ei tverrgåande satsing knytt til personar med nedsett funksjonsevne, og ny teknologi under Noregs forskingsråd. 401 000 kroner er overførte til post 21 for å reindyrke 50-posten til programløyvingar til Noregs forskingsråd.
Post 70 Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar
Formålet med tilskotsordninga er å gi dei funksjonshemma sine organisasjonar betre høve til å drive interessepolitisk arbeid og yte service til eigne medlemmer i form av mellom anna lokale velferdstiltak. I tillegg skal ordninga styrkje dei høva paraplyane Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) har til å drive interessepolitisk arbeid og yte service til medlemsorganisasjonane. Tilskotsordninga skal òg medverke til å styrkje organisasjonane når det gjeld sjølvhjelpsarbeid. Tilskotet skal bidra til å styrkje dei høva organisasjonane til funksjonshemma har til å gjennomføre gode velferds-, fritids- og ferietiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Organisasjonsstøtta til FFO og SAFO er auka med 1 mill. kroner. Løyvinga skal fordelast forholdsmessig mellom dei to paraplyorganisasjonane.
Post 71 Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan nyttast under post 21, kan overførast
Post 71 skal nyttast til målretta og tverrsektorielle tiltak i Regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013). Tiltaka skal mellom anna støtte opp under lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne og annan relevant lovgiving. Posten er føreslått redusert med 1,64 mill. kroner til andre tiltak på BLDs område.
Kap. 849 Likestillings- og diskrimineringsombodet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
50 | Basisløyving | 48 959 | 51 128 | 52 713 |
Sum kap. 849 | 48 959 | 51 128 | 52 713 |
Status og hovudoppgåver for verksemda
Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) blei etablert 1. januar 2006. Hovudoppgåva er å fremme likestilling og kjempe mot diskriminering uavhengig av mellom anna kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og alder. Ombodet handhevar likestillingslova, diskriminerings-lova, arbeidsmiljølova (kap. 13), diskrimineringsreglane i bustadlovgivinga og diskriminerings- og tilgjengelova.
Ombodet skal vere eit alternativ til domstolshandsaming av saker om diskriminering. I tillegg har ombodet ansvaret for å overvake at norsk rett og forvaltingspraksis er i samsvar med FNs kvinnekonvensjon og rasediskrimineringskonvensjonen. Det vil òg få tilsvarande ansvar for FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Ei fråsegn frå ombodet er ikkje rettsleg bindande. Ombodet kan likevel fatte bindande vedtak om å stanse diskriminerande handling dersom eit slikt vedtak ikkje kan vente til Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan behandle saka, jf. diskrimineringsombodslova § 4, jf. § .
Likestillings- og diskrimineringsombodet skal vere ein synleg og nyttig reiskap for folk i arbeidet for eit likeverdig samfunn fritt for diskriminering.
Resultatrapport og strategiar
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Barne- og likestillingsdepartementet.
Høg kvalitet i lovhandhevinga
Korrekt og effektiv saksbehandling
I 2009 fekk Likestillings- og diskrimineringsombodet inn 302 klagesaker, ein auke frå 156 saker i 2008. Av desse sakene blei 168 ferdighandsama. I dette ligg at ombodet anten gav ei fråsegn, avviste saka eller la ho bort.
Heile 94 prosent av sakene gjaldt eitdiskrimineringsgrunnlag. Funksjonsevne, kjønn og etnisitet var dei hyppigaste temaa i dei sakene ombodet tok imot i 2009.
I 2009 gjekk om lag 20 prosent av klagesakene som blei ferdighandsama hos ombodet, til nemnda.
I 2009 varsla ombodet om hastevedtak i 16 saker, særleg knytt til ulovlege stillingsannonsar. Formålet med hastevedtak er å stanse ei diskriminerande handling eller ein diskriminerande praksis raskt.
Ombodet har målt handsamingstida på klagesaker. Dei fleste som møter opp personleg hos ombodet eller vender seg til ombodet gjennom e-post eller brev med spørsmål om rettleiing, får svar godt innanfor den forvaltningsrettslege fristen på tre veker. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid på klagesaker er om lag 44 veker, ein auke med 6 veker frå 2008.
Eit forhold som særleg forklarer dette, er den betydelege auken i klagesaker som gjeld brot på diskriminerings- og tilgjengelova som blei sett i kraft 1. januar 2009. Det er særleg spørsmål om brot på plikta til universell utforming som dominerer auken i klagesaker i 2009. Spørsmål om plikt til universell utforming reiser òg heilt nye problemstillingar som fort fører til at sakshandsamarane må bruke lengre tid.
Eit anna forhold som bidreg til auka sakshandsamingstid, er at ombodet fekk inn langt fleire saker, både rettleiingssaker og klagesaker, i 2009 samanlikna med tidlegare år.
Eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane
God rettleiing
I 2009 gav ombodet rettleiing i til saman 1624 saker, ein auke på 36 prosent frå året før. Dei fleste sakene kom anten via telefon (860) eller via e-post (633). Tidlegare har diskrimineringsgrunnlagakjønn og etnisitet dominert rettleiingssakene. I 2009 gav derimot ombodet om lag like mange rettleiingar i spørsmål om diskrimineringsgrunnlaget funksjonsevne som for kjønn som diskrimineringsgrunnlag, rundt 500 kvar. Deretter kom etnisitet m.m. med vel 200 saker.
Dette er naturleg sidan diskriminerings- og tilgjengelova blei sett i kraft 1. januar 2009. Dei fleste spørsmåla gjaldt verksemder si plikt til universell utforming av eiga hovudløysing for dei fysiske forholda. I tillegg fekk ombodet inn langt fleire spørsmål om diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne i arbeidslivet enn tidlegare.
Arbeidsgivarar som treng rettleiing om lovverket og korleis dei kan førebyggje diskriminering og fremme likestilling, er ei viktig målgruppe. Ein stor del av rettleiinga har vore gitt i samband med rettleiing om aktivitets- og utgreiingspliktene og kontrollen av kommunars utgreiingar i årsrapportar.
Innføring av nye aktivitets- og rapporteringsplikter for etnisitet og funksjonsevne frå 1. januar 2009 har ført til eit stort behov for å spreie informasjon. Samstundes er det framleis stor trong for rettleiing om aktivitets- og utgreiingsplikta når det gjeld kjønn.
LDO har rusta opp den nettbaserte informasjonen om likestilling og mangfald i arbeidslivet, sett i gang målretta informasjonstiltak i ulike medium og gjennomført ein landsdekkjande informasjonsturné med fem regionale kurs og ein ekspertkonferanse.
Ombodet har gitt ut ei praktisk handbok for arbeidsgivarar i korleis dei kan arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering. Vidare har LDO utarbeidd ei handbok tilpassa universitets-, høgskole – og instituttsektoren.
LDO bidrog òg i utarbeidinga av rettleiinga Hvordan fremme likestilling og hindre diskriminering. Veiledning for arbeidslivet i aktivitets- og rapporteringspliktene i samarbeid med BLD og partane i arbeidslivet.
Offensiv og synleg pådrivar for likestilling og mot diskriminering
Godt påverknadsarbeid retta mot relevante styresmakter, kompetansemiljø og interesseorganisasjonar
I 2009 tok LDO opp 15 saker på eige initiativ, dei fleste etter tips frå publikum, i hovudsak spørsmål om ulovlege stillingsannonsar.
Erfaringa til ombodet er at dei fleste arbeidsgivarar ikkje har vore klar over at dei bryt lova, og at dei rettar opp annonsen etter at ombodet har gitt fråsegn.
LDO har dei siste åra valt å konsentrere seg om kommunesektoren når det gjeld kontroll av aktivitets- og utgreiingsplikt. Hovudgrunnane er at sektoren er landsdekkjande, og at kommunane er store arbeidsgivarar, særleg for kvinner. Kvaliteten på likestillingsarbeidet i denne sektoren er derfor viktig.
Få kommunar har fått godkjent likestillingsutgreiingane sine utan merknader. Brorparten av kommunane har store utfordringar, både når det gjeld rutinar for å betre sjølve likestillingssituasjonen og rutinar for utgreiingar. Kommunar som har brukt rettleiing frå LDO, kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon (KS) eller dei regionale likestillingssentera, leverer betre likestillingsutgreiingar enn dei som ikkje har nytta dette tilbodet.
I 2009 sende LDO likestillingsutgreiingane frå seks kommunar til Likestillings- og diskrimineringsnemnda fordi årsrapportane for 2006 og 2007 ikkje oppfylte kravet til aktivitets- og utgreiingsplikt i likestillingslova.
Nemnda påpeikte at kommunar må reknast som relativt store verksemder samanlikna med mange private verksemder, og at likestillingsspørsmål oppstår på mange ulike måtar og på alle nivå i kommunar. Ein bør kunne vente seg betre rapportering frå offentlege verksemder enn frå private.
På bakgrunn av dette konkluderte nemnda med at det kan stillast krav om kjønnsfordelt statistikk over lønnsforhold, arbeidstid, permisjonsuttak, vidareutdanning, rekruttering, forfremjing og sjukefråvær når kommunane skal greie ut om likestillingssituasjonen. Vidare må utgreiingane skildre fordelinga av kvinner og menn på ulike stillingskategoriar og organisasjonsnivå. Nemnda kom derfor til at utgreiingane for 2007 frå dei seks kommunane ikkje oppfylte krava i likestillingslova.
I 2009 kontrollerte LDO likestillingsutgreiingane for 2008 frå 46 kommunar, som alle har vore kontrollerte tidlegare. Vidare starta ombodet arbeidet med å kontrollere nye sektorar; universitets- og høgskulesektoren og departementssektoren (fem universitet og høgskular og to departement).
Totalt heldt LDO 183 føredrag, innlegg og/eller kurs i 2009, rundt halvparten om temaet arbeidsliv. Aktivitets- og utgreiingspliktene var òg eit viktig tema i tretti av desse føredraga.
Erfaringane frå arbeidet med aktivitets- og utgreiingsplikta i likestillingslova viser at rapporteringa får fram relevante fakta om likestillingssituasjonen.
I 2009 tok ombodet imot 83 høyringssaker medrekna fleire om endringar i utlendingslova og tilhøyrande forskrifter.
Ei av dei viktigaste sakene ombodet arbeidde med i 2009, var å svare på framlegget frå Graverutvalet, NOU 2009:14 Et helhetlig diskrimineringsvern. Ombodet er samd i framlegget frå utvalet på dei aller fleste punkta, men stiller seg mellom anna kritisk til om reglane for aktivitets- og utgreiingsplikta, diskrimineringsgrunnlaget alder og vernet mot diskriminering grunna kjønn er godt nok sikra.
Likestillings- og diskrimineringsombodet hadde stor pågang frå media i 2009, med 418 registrerte førespurnader frå ulike medium. LDO blei omtalt 4082 gonger i nettbaserte medium i 2009. I tillegg til har ombodet delteke i fleire debattar i radio og TV og jamleg vore i etermedia. LDO har dessutan hatt om lag 20 kronikkar og innlegg på trykk i 2009 i tillegg til månadlege innlegg i ulike fagblad.
LDO fekk nye nettsider i september 2009. Det er lagt vekt på å følgje dei standardane som finst for god tilgang for blinde og svaksynte og andre målgrupper med særskilde behov. LDO fekk god skår for dette i den årlege evalueringa til Noreg.no/DIFI. Nettstaden hadde i underkant av 80 000 besøk i 2009.
Ombodet skal dokumentere førekomsten av diskriminering og grada av likestilling i samfunnet. Dette skjer i hovudsak gjennom publikasjonane SaLDO og PRAKSIS. SaLDO er Likestillings- og diskrimineringsombodets samfunnsrekneskap over grada av likestilling og omfanget av diskriminering. SaLDO gir likevel ikkje eit komplett bilde av samfunnet sett i eit likestillingsperspektiv. Dette kjem mellom anna av at nokre område og grunnlag er dårlegare dokumenterte.
SaLDO viser at det er store likestillingsutfordringar i Noreg. Det er framleis behov for å overvake utviklinga på dei ulike samfunnsområda for grupper som er særleg utsette.
PRAKSIS gir ei oversikt over sentrale klagesaker og rettleiingssaker som LDO har handsama det siste året, og dei mest sentrale lovgivingsprosessane ombodet har teke initiativ til eller delteke i.
LDO deltek i internasjonale forum og i det europeiske nettverket Equinet. Nettverket består av europeiske handhevingsorgan for likestilling og ikkje-diskriminering. Temaa for møta er ofte innspel til praktiske døme på diskrimineringssaker og korleis dei enkelte landa løyser problema.
Dei nordiske landa har nettverk for handhevingsorgan, både når det gjeld kjønnslikestilling og etnisk diskriminering.
Strategiar og tiltak for 2011
For å oppnå ei jamnare fordeling av makt og medverknad skal LDO arbeide for å sikre individet rett til informasjon om eigne rettar og plikter.
LDO skal vidare arbeide for at alle får same tilgang til viktige samfunnsarenaer som utdanning, arbeidsliv og fritid. Ombodet skal utfordre kulturelle barrierar, slik at ikkje myter, fordommar og stereotypiar får avgrense dei høva folk har.
Gjennom rettleiing, lovhandheving, kommunikasjon og kunnskapsspreiing skal LDO arbeide målretta for å identifisere barrierar i samfunnet, hindre slike barrierar, hjelpe dei som møter barrierane, og støtte dei som bryt dei. Ombodet skal bidra til at alle, uansett kven dei er, blir behandla likeverdig.
LDO skal sjå til at likeverdig arbeid faktisk blir verdsett likt, både i lønn og status.
Alle som blir diskriminerte og som ønskjer hjelp, skal få prøvd saka si hos ombodet. God kommunikasjon og lett tilgjenge er avgjerande for at dei som opplever diskriminering, skal bruke LDO.
Ombodet arbeider kontinuerleg med at både klagesaksarbeidet og rettleiinga av enkeltpersonar skal ha god kvalitet. Dette vil ein leggje vekt på også i 2011. God og rask kommunikasjon både skriftleg og munnleg er viktig for tilliten til ombodet og rettstryggleiken til den enkelte.
LDO har ei viktig rolle som rettleiar overfor dei som meiner at dei er utsette for diskriminering. Like viktig er rettleiinga av arbeidsgivarar og andre som kan førebyggje og hindre diskriminering og bidra til likestilling. Aktivitets- og rapporteringspliktene er ein viktig reiskap for å avdekkje diskriminering og setje i verk likestillingstiltak. I 2011 vil ombodet halde fram med kontroll av aktivitets- og rapporteringspliktene i verksemder.
Viktige oppgåver for LDO er å dokumentere diskriminering og avdekkje og overvake forhold i samfunnet som er til hinder for likestilling. LDO skal òg fremme forslag til tiltak for å fjerne hinder for deltaking og likeverd. I 2011 vil ombodet arbeide vidare med kunnskapsspreiing om likestilling og diskriminering og analysar av tilstanden.
Post 50 Basisløyving
Løyvinga skal dekkje lønn til medarbeidarane og andre driftsutgifter. LDO hadde 59 tilsette per 1. mars 2010. Av dei tilsette var 76 prosent kvinner.
Programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge
Hovudinnhald og prioriteringar
Eit overordna mål for barne- og ungdomspolitikken er å sikre at alle barn og unge har gode og trygge oppvekst- og levekår. Dette inneber at alle skal ha eit likeverdig tilbod og like høve. Sentralt står arbeidet for å motverke marginalisering, medverke til å jamne ut forskjellar i levekår og fremme barn og unges medverknad og deltaking på ulike område i samfunnet.
BLD har ansvaret for utforminga og samordninga av den generelle barne- og ungdomspolitikken. Politikkutforminga skjer i samspel mellom ulike departement, andre statlege styresmakter, kommunesektoren og frivillige organisasjonar. Departementet forvaltar fleire tilskotsordningar retta mot barn og unge, mellom anna ei ordning retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem. Departementet har ansvar for utvikling av barneverns- og adopsjonspolitikken, etatsstyring av det statlege barnevernet og forvaltinga av barnevernlova og adopsjonslova. Departementet har òg ansvaret for Noregs oppfølging av FNs konvensjon om barnerettane. BLD tek og del i internasjonalt samarbeid retta mot barn og unge på ei rekkje område. Departementet har ansvar for fleire underliggjande verksemder som tek hand om barns beskyttelse, rettar og interesser.
Barneombodet arbeider for at barns behov, rettar og interesser blir tekne tilbørleg omsyn til på alle område i samfunnet. Barneombodet følgjer med på at lovgjeving til vern om barns interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarer med dei pliktene Noreg har i samsvar med FNs konvensjon om barnerettane.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har avgjerdsrett i dei såkalla tvangssakene etter barnevernlova, som mellom anna omfattar saker om overtaking av omsorg og plassering av ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Det er ein føresetnad for rettstryggleiken og for eit velfungerande barnevern at fylkesnemndene har tilstrekkelig kapasitet og utnyttar ressursane på best mogeleg måte. BLD føreslår derfor å auke løyvinga til fylkesnemndene med 10 mill. kroner for å styrkje sakshandsamingskapasiteten og den administrative styringa.
Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) forvaltar det statlege barnevernet. Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid, og å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Etaten har òg ulike oppgåver på adopsjonsfeltet, forvaltar tilskotsordningar og har ansvar for at Noreg følgjer opp EUs ungdomsprogram Aktiv ungdom. Bufetat består av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og fem regionale einheitar. Sjå delmål 1.2 for ei nærmare omtale.
Talet på barn som tek imot hjelp frå barnevernet, har auka kvart år det siste tiåret. I 2000 tok 31 900 barn imot slik hjelp, medan dette gjaldt 46 500 barn i 2009 – ein auke på 46 prosent. Også i høve til barnebefolkninga er auken stor. I slutten av 2000 var det 21,8 barn med tiltak per 1 000 barn, medan det tilsvarande talet var 29,5 i 2009. Denne utviklinga ser ut til å halde fram fordi både talet på nye barn som kjem inn i barnevernet, og talet på undersøkingar aukar. Samfunnet tek meir omsyn til barn sine behov for hjelp og vern no enn tidlegare. Foreldre, familie og andre melder òg i større grad enn før frå og ber om hjelp, og dette tyder på at folk har fått større tillit til barnevernet. Det er viktig å tilføre dei nødvendige ressursane til å handtere det auka talet på barn i barnevernet. For å nå dette målet vil regjeringa i 2011 øyremerke 240 millionar kroner til ei styrking av det kommunale barnevernet. Hovuddelen av denne løyvinga skal gå til nye stillingar. Det vil og vere mogleg å søka om midlar til enkelte andre tiltak, til dømes kompetansetiltak, som styrkjer barnevernet lokalt. Fylkesmannsembeta, som kjenner kommunane godt, vil handsame søknadene frå kommunane.
Ei prioritert oppgåve framover er å skape betre samordning av tenester for utsette barn og unge. Slik kan vi gi barn som er i risiko betre hjelp. Det er òg ei utfordring å betre samarbeidet mellom det statlege og det kommunale barnevernet slik at brukarane opplever eit heilskapleg barnevern. Ei viktig oppgåve er òg å sørgje for at den hjelpa som vert tilbydd er kunnskapsbasert og leier til varige endringar i barns liv.
Programkategori 11.20 Tiltak for barn og ungdom inneheld løyvingar til tiltak i barne- og ungdomsvernet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, barne- og ungdomstiltak, Barneombodet, Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, Barnesakkyndig kommisjon, adopsjonsstønad og EUs ungdomsprogram.
Mål
For 2011 blir følgjande mål prioriterte:
Hovudmål | Delmål |
---|---|
5. Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom | 5.1 Høgt kunnskapsnivå og god kompetanse om barn og unges behov |
5.2 Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge | |
5.3 Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge | |
5.4 Makt og påverknad for barn og unge | |
6. Eit barnevern som gir barn og unge omsorg og vern slik at dei meistrar liva sine og utviklar evnene sine | 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern |
6.2 Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira | |
6.3 Heilskaplege og samorda tilbod og tenester |
Resultatrapport og strategiar
Delmål 5.1: Høgt kunnskapsnivå og god kompetanse om barn og unges behov
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Bidra til samordning av politikken til departementa på barne- og ungdomsområdet og til samarbeid mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig sektor
Samarbeidet mellom departementa om ein gjennomgåande politikk for barn og unge blei vidareført gjennom ulike politiske forum, samarbeidsgrupper og arbeid med mellom anna handlingsplanar, felles strategiar og forsøks- og utviklingsarbeid. Publikasjonen Satsing på barn og ungdom, som gir eit oversyn over mål og innsatsområde i statsbudsjettet, blei ført vidare.
Lørenskog kommune blei kåra til Årets barne- og ungdomskommune 2009. Kåringa skjedde på Barne- og ungdomskonferansen 2009.
BLD har gjennom 2009 stimulert til auka dialog og samspel mellom styresmaktene og frivillig sektor. Det har vore systematisk kontakt med frivillige organisasjonar og grupper, mellom anna gjennom møte og konferansar. Det har vore god kontakt med forskingsmiljø omkring frivillig arbeid og deltaking frå ungdom. Departementet har oppfordra kommunar som departementet er i kontakt med gjennom tilskotsordningar, til å styrkje samspelet med barn, ungdom, foreldre og frivillig sektor.
Barns oppvekstkår er i tråd med FNs konvensjon om barnerettane
Arbeidet med ei betre overvaking av gjennomføringa av FNs konvensjon om barnerettane, som blei sett i gang i 2008, heldt fram i 2009 og 2010. Fleire tiltak blei sette i gang for å markere tjueårsjubileet til konvensjonen. Generelle kommentarar frå FN sin barnekomité (12 i alt) som gir tolking til enkelte artiklar og viktige spørsmål i konvensjonen, blei omsette til norsk og lagde ut på nettsidene til BLD. I 2009 blei det gjennomført seminar for tilsette i departementa om barnekonvensjonen. Målet var å auke kompetansen deira i spørsmål som gjeld barnets rettar. Ein konferanse om barnekonvensjonen for landets kommunar, statlege instansar og frivillige organisasjonar blei òg gjennomført i 2009. Målet var både å belyse barnekonvensjonens internasjonale betyding og vise korleis konvensjonen kan nyttast i samband med dei utfordingane vi står ovanfor i Noreg. Det blei løyvt midlar til utarbeiding av ein ny UNICEF-brosjyre om barnekonvensjonen. Brosjyren blei send til skulane samen med ei nyutsending av barnekonvensjonsplakaten.
Som eit ledd i å styrkje barn og unge sine høve til medverknad på statleg nivå blei det gjennomført eit årleg dialogforum mellom barne- og likestillingsministeren og ungdomsrepresentantar i mars 2009 og i mai 2010. Ungdommane blei rekrutterte frå ungdommens fylkesting og tilsvarande forum frå heile landet. Temaa for møta har mellom anna vore vald mot barn, bruk av rusmidlar, ungdoms helse, behov for eit nasjonalt påverknadsorgani for ungdom og stemmerett for 16-åringar
Eit kontaktforum mellom departementa som har fagansvar for barnekonvensjonen, hadde jamlege møte i 2009. Kontaktforumet spelte ei viktig rolle i førebuingane til eksaminasjonen av Noregs 4. rapport til barnekomiteen hausten 2009. Eksaminasjonen blei gjennomført i januar 2010. Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren leidde Noregs delegasjon, der òg fleire departement med ansvar for oppfølging av konvensjonen deltok. Noreg fekk avsluttande merknader frå FNs barnekomité i januar 2010. Merknadene inneheldt tilrådingar på mange ulike fagområde. Tilrådingane vil bli vurderte av dei departementa det gjeld.
Ei juridisk utgreiing for å vurdere om norsk lov på relevante område tilfredsstiller dei krava som ligg i barnekonvensjonen, blei lagt fram hausten 2009. Same haust blei det òg lagt fram ei kartlegging av opplæringstilbod om barnekonvensjonen i ulike utdanningar.
God forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling
BLD har ført vidare samarbeidet med Noregs forskingsråd innanfor ramma av forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM). Det blei òg gitt tilskot til ulike forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar. Samarbeidet med Statistisk sentralbyrå (SSB) om utarbeiding av aktuell statistikk om barn og ungdom blei ført vidare. Dessutan blei det gitt tilskot til utarbeiding av eksempelsamlingar, konferansar og anna kompetansebygging om barn og ungdom.
Medie- og informasjonskanalar tek omsyn til barn og ungdoms særlege rettar og behov
BLD har ført vidare støtta til nettportalen ung.no. Nettportalen har som mål å vere ein samla informasjonskanal frå departementa til ungdom. I 2009 nådde ung.no ut til ein større del av målgruppa enn tidlegare år, med om lag 2,9 mill. unike brukarar.
Hausten 2009 arrangerte Bufdir tre regionale ungdomsinformasjonskonferansar om korleis informasjonsarbeidet retta mot ungdom kan etablerast, gjennomførast og styrkjast i kommunane.
Departementet tok del i arbeidet i den tverrdepartementale kontaktgruppa for å fremme barn og ungdom sine interesser og behov i utviklinga av informasjonssamfunnet. BLD tok òg del, saman med aktuelle departement, i oppfølginga av EU-programmet Sikrare Internett (2009–2013).
Medietilsynets Trygg bruk-prosjekt arbeider for trygg bruk av digitale medium for barn og unge. Gjennom prosjektet er det bygt opp eit nettverk der departement, statlege etatar, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar, bransjeorganisasjonar og føretak arbeider saman om kunnskap, ressursar og informasjon om trygg bruk av teknologi for barn og ungdom. I 2009 blei midlane til tiltaksplanen Barn, unge og Internett i hovudsak nytta til utvikling av ei ny Trygg bruk-undersøking om barn og digitale medium.
BLD gav i 2009 tilskot til organisasjonen Barnevakten. Tilskotet blei brukt til organisasjonens informasjonsarbeid om media og ny teknologi gjennom foreldremøte i skole og barnehage.
Strategiar og tiltak for 2011
Godt samarbeid mellom ulike departement, mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig sektor
BLD vil arbeide for at samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og ungdom blir ført vidare. Dette skjer mellom anna gjennom samarbeid om handlingsplanar, felles strategiar, forsøks- og utviklingsarbeid, informasjonsarbeid og konferansar. BLD fører òg vidare samarbeidet mellom departementa om utgiving av publikasjonen Satsing på barn og ungdom, som gir oversikt over mål og innsatsområde i statsbudsjettet.
Som ledd i arbeidet med å stimulere kommunane til å auke satsinga på barn og ungdom, utnemner BLD kvart år Årets barne- og ungdomskommune. Kåringa skjer på Barne- og ungdomskonferansen, ein årleg konferanse for tilsette i kommunar, ungdom og politikarar frå heile landet. I tillegg til denne faste konferansen blir dialogen med kommunane og fylkeskommunane ført vidare gjennom andre konferansar, samlingar og møte.
BLD vil òg i 2011 stimulere til dialog og samspel mellom styresmaktene og frivillig sektor. Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar speler ei viktig rolle, både som ein arena for læring av demokrati og likebehandling og som tilbydar av verdifulle aktivitetstilbod for barn og unge. Det vil bli lagt opp til kontakt med ungdomsmiljøa gjennom systematisk kontakt med frivillige organisasjonar og grupper, mellom anna gjennom høyringar og møte. Det vil òg bli lagt vekt på kontakt med forskingsmiljø kring frivillig arbeid og ungdoms deltaking. Kommunane vil bli oppfordra til å styrkje samspelet med barn, ungdom, foreldre og frivillig sektor, mellom anna gjennom departementets tilskotsordning retta mot barn og ungdom i større bysamfunn, sjå omtale under kapittel 857 Barne- og ungdomstiltak, post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.
BLD har ansvaret for å fremme og koordinere arbeidet med ei betre overvaking av gjennomføringa av FNs konvensjon om barnerettane. Arbeidet med oppfølginga av barnekonvensjonen og anbefalingane frå FNs barnekomité vil halde fram i 2011. Kontaktforumet mellom departementa som blei oppretta i 2008, vil halde fram sitt arbeid mellom anna med å følgje opp tilrådingane frå barnekomiteen. Som eit ledd i å styrkje barn og unges høve til medverknad på statleg nivå blir dialogforumet mellom barne-, likestillings- og inkluderingsministeren og ungdomsrepresentantar òg ført vidare.
Barnekonvensjonen blei i 2003 inkorporert i norsk rett gjennom menneskerettslova og er dermed forpliktande for kommunane på linje med anna norsk lov. Det er eit mål at barnekonvensjonen blir eit aktivt verktøy for kommunane sitt arbeid med å fremme ein god barne- og ungdomspolitikk. Fylkesmannen i Troms har fått midlar frå BLD til ei nasjonal satsing på Sjumilssteget. Gjennom å fokusere på sju sentrale rettar i konvensjonen har fylkesmannen funne et reiskap for å kvalitetssikre kommunane sitt tilbod til barn og unge. Det er lagt særleg vekt på tverretatleg samarbeid. Fylkesmannen i Troms tek sikte på å arbeide med informasjon og rettleiing til andre fylkesmannsembete om modellen i 2011.
Stimulere til målretta forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling
BLD ser det som viktig å stimulere til forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling som ledd i arbeidet med å sikre ein god politikk for barn og ungdom. Samarbeidet med Noregs forskingsråd om forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (2009–2018) blir ført vidare. Departementet vil føre vidare samarbeidet med Kulturdepartementet om Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, for å sikre forsking på barn og unges frivillige engasjement, mellom anna innanfor barne- og ungdomsorganisasjonane. Samarbeidet med SSB om statistikk om barn og ungdom vil òg bli ført vidare. Det vil bli gitt tilskot til forskingsmiljø, til oppdrag og undersøkingar og til utarbeiding av eksempelsamlingar. Det vil òg bli gitt tilskot til konferansar og anna kompetanseoppbygging om barn og ungdom.
Trygg bruk av digitale medium
BLD tek del i den tverrdepartementale tiltaksplanen Barn, unge og Internett. Her blir barn og foreldres haldningar til og bruk av Internett jamleg kartlagde. Tiltaksplanen er ein del av Trygg bruk-prosjektet, som blir koordinert av Medietilsynet. Prosjektet sine nettsider (tryggbruk.no) er utvikla til nytte for barn, foreldre og skolen. Departementet tek del i ei tverrdepartemental kontaktgruppe for å fremme barn og ungdom sine interesser og behov i utviklinga av informasjonssamfunnet. BLD vil, saman med andre aktuelle departement, føre vidare arbeidet med oppfølginga av EU-programmet Sikrare Internett (2009–2013).
Delmål 5.2: Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Gode oppvekst- og levekår for ungdom i større bysamfunn
BLD forvaltar tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, som i 2009 omfatta 23 bykommunar. I 2009 var ordninga på om lag 50 mill. kroner. Innsatsen er todelt: ei satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak) og ei særskild satsing retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem (fattigdomstiltak). Satsinga retta mot ungdom utgjorde 19,2 mill. kroner og fattigdomssatsinga utgjorde 31,5 mill. kroner. Fattigdomssatsinga er nærmare omtalt under resultatrapporten for delmål 5.3 Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge.
Midlane til ungdomstiltak er nytta til tiltak og prosjekt retta mot ungdom i alderen 12–25 år med særskilde behov, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Dei fire største byane og sju prioriterte bydelar i Oslo disponerer sjølve ei ramme til ungdomstiltak. Dei 19 andre bykommunane søkjer departementet om midlar. Om lag 82 prosent av midlane blei fordelte mellom dei fire store byane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Oslo fekk samla om lag 50 prosent av midlane. Om lag 18 prosent blei fordelte på dei resterande bykommunane etter søknad. Det blei i 2009 gitt tilskot til 87 ungdomstiltak i 21 av dei 23 bykommunane.
Om lag sju prosent av løyvinga blei forvalta av departementet og nytta til strakstiltak og utviklingsarbeid. Departementet har hatt eitt kontaktmøte med bykommunane som er omfatta av ordninga. Det blei utarbeidd ein ny rettleiar for søknadshandsaminga for 2010.
Departementet har òg teke del i arbeidet med Groruddalssatsinga. Det blei mellom anna sett av 15 millionar kroner på kap 857 Barne- og ungdomstiltak, post 73 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn i 2009, øyremerkte arbeidet med Grorud fleirbrukshall. Arbeidet med hallen starta i 2009, og 2 mill. kroner av denne løyvinga blei utbetalt dette året.
Eit oppvekstmiljø fritt for vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme, homofobi og diskriminering
BLD har teke del i arbeidet med Gode krefter – kriminalitetsforebyggende handlingsplan, som blei lagd fram sommaren 2009. Ei viktig målgruppe for handlingsplanen er utsette unge. BLD har ansvar for fleire tiltak i handlingsplanen.
Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn er det gitt stønad til prosjekt, ungdomsgrupper og organisasjonar som arbeider for å motverke vald, kriminalitet, rus, rasisme og diskriminering blant ungdom. Det er gitt stønad til fleire strakstiltak for å løyse akutte problem i ungdomsmiljøa, mellom anna prosjekt retta mot belasta kriminelle unge og kriminelle ungdomsgrupper.
BLD tok del som partnar i Manifest mot mobbing (2009–2010) og har arbeidd særskilt med mobbing i fritidsmiljøa. Mobbing på den digitale arenaen blei sett på dagsordenen gjennom Medietilsynets arbeid knytt til barn og unges mediebruk i Trygg bruk-prosjektet,som òg omhandlar kjønnsrelatert mobbing, seksuell trakassering og annen risikoåtferd på internett. BLD støtta forsking om mobbing og antisosial åtferd i 2009.
Det blei gitt støtte til fleirkulturelle aktivitetar i regi av organisasjonar og grupper, mellom anna gjennom tilskotsordninga Mangfold og inkludering, som blei oppretta i 2008. Her kan barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø søkje om tilskot til aktivitetar med fokus på mangfald, haldningar og deltaking. Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) forvaltar ordninga. I 2009 fekk 54 prosjekt støtte gjennom ordninga. Søkjarmassen er variert både når det gjeld type prosjekt og kva for organisasjonar som søkjer.
Bidra til å inkludere og gi likeverdige tilhøve for alle barn og unge
I 2009 førte BLD vidare satsinga Unge utanfor, som er retta mot ungdom som fell utanfor opplæring og arbeidsliv. Som del av satsinga har åtte kommunar/bydelar sett i gang arbeid for å utvikle og systematisere arbeidsmåtar og samarbeidsformer retta mot målgruppa. Erfaringar frå utviklingsarbeidet er presenterte i eksempelsamlinga Veier tilbake til skole og jobb. Eit forskingsprosjekt om korleis ungdom i målgruppa sjølve vurderer sin eigen situasjon, blei avslutta i 2009. Vidare er det gjennomført utgreiingar om framgangsmåtar for korleis ein skal kome i kontakt med ungdom som treng ekstra oppfølging, og om dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av at unge hamnar utanfor arbeid. Vista Analyse har gjort utgreiingsarbeidet på oppdrag frå BLD. Rapporten understrekar verdien av eit tett samarbeid mellom kommune, fylkeskommune og stat. Samarbeid om ressursinnsats er ofte nødvendig for å kunne setje inn dei beste og mest effektive tiltaka, både for dei unge og for samfunnet. Rapporten har berekningar på kva samfunnet kan spare ved å kome inn med tidlege tiltak til ungdom som elles risikerer å hamne på uføretrygd, og syner kor viktig der er å setje inn verkemiddel tidleg for å hindre at unge fell utanfor arbeidslivet.
Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn er ei prioritert målgruppe i arbeidet for å betre oppvekst- og levekåra. Gjennom tilskotsordningane Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Mangfold og inkludering er det gitt støtte til ei rekkje aktivitetar og tiltak retta mot barn og unge i denne gruppa. Prisen Årets forbilde blei delt ut for femte gong til ein vaksen med innvandrarbakgrunn som gjer særs mykje for barn og ungdom. BLD la våren 2009 fram Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012).
BLD førte i 2009 vidare arbeidet med Sametinget for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane som skal styrkje samisk identitet og tilknyting for barn og ungdom i lokalsamfunnet. BLD har teke del i arbeidet med Handlingsplan for samiske språk, som blei lagd fram i 2009.
Arbeid for å betre situasjonen for barn og unge med nedsett funksjonsevne er gjort gjennom driftstilskot og jamlege kontaktmøte med samanslutninga Unge funksjonshemmede, tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.
Arbeid med likeverd og like høve for jenter og gutar blei følgt opp gjennom ulike tilskotsordningar, mellom anna Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, og gjennom kontakt med organisasjonar og ungdomsmiljø.
Internasjonalt arbeid
Utviklinga for EU-programmet Aktiv ungdom i 2009 var tilfredsstillande. Talet på prosjekt auka frå 85 til 99 frå 2008 til 2009, og talet på søknader var 146. Full effekt av meir utoverretta verksemd og betre oppfølging av søkjarar er venta i 2010. Ungdom med særskilde behov er den viktigaste målgruppa i Aktiv ungdom-programmet. Bufetat, region nord, har ansvar for samarbeid om betring av levekåra for utsette barn og unge i Barentsregionen. I 2009 blei det sett i gang ein prosess med å fornye og gjere nye samarbeidsavtaler med alle dei fire regionane i Nordvest-Russland for perioden 2010–2012. Noreg har hatt formannskapet i Det euro-arktiske Barentsrådets barneprogram Children and Youth at Risk 2008–2012 (CYAR). BLD sat også som medlem i programkomiteen for Barents helse- og sosialprogram.
For ei nærmare omtale av det internasjonale arbeidet i BLD sjå del III.
Strategiar og tiltak for 2011
Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom i større bysamfunn
Fleire barn blir råka av dårlege oppvekst- og levekår i storbyane enn i andre delar av landet. Det er derfor behov for ei særskild satsing retta mot barn og unge i større byar.
Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir ført vidare og vil i 2011 omfatte 23 bykommunar og sju prioriterte bydelar i Oslo. Målet er å medverke til å betre oppvekst- og levekåra og dempe dei sosiale konsekvensane av forskjellar i levekår i større bysamfunn. Målgruppa er barn og unge, og særleg ungdom i alderen 12–25 år med spesielle behov og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Sjå omtale under kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.
Gjennom Groruddalssatsinga og Handlingsprogram Oslo Sør vil BLD framleis bidra til styrking og betring av barn og ungdoms oppvekstvilkår i området.
Informasjon til barn og ungdom
For styresmaktene er det viktig å leggje til rette for samla og lett tilgjengeleg informasjon til barn og unge. Nettstaden ung.no, som blir drifta av Bufdir,tilbyr ungdom mellom 14 og 20 år informasjon om det dei lurer på, og bidreg til å sikre barn og unge sine rettar og interesser på informasjons- og medieområdet. Ung.no skal vere den offentlege nettstaden offentlege instansar bruker for å nå ut til ungdom. Ung.no skal i 2011 innleie samarbeid med fleire offentlege etatar og nettsider for å sikre ungdom relevant informasjon gjennom fleire kanalar.
Innsats mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering
Innsatsen for å motverke vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme og diskriminering i barne- og ungdomsmiljøa blir ført vidare. Departementet har fleire tiltak i handlingsplanen Gode krefter – kriminalitetsførebyggjande handlingsplan (2009–2012). Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn vil det òg i 2011 bli gitt stønad til tiltak som har som mål å motverke vald, kriminalitet, rus, rasisme og diskriminering og andre negative trekk i ungdomsmiljøa.
BLD vil støtte opp om fleirkulturelle barne- og ungdomsaktivitetar mellom anna gjennom tilskotsordninga Mangfold og inkludering, som blir forvalta av Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø kan søkje om stønad til aktivitetar med vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Sjå omtale under kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar.
BLDs innsats mot mobbing rettar seg særskilt mot dei organiserte fritidsmiljøa. BLD vil halde fram arbeidet for at fritidsklubbar og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar skal stå fram som opne og inkluderande møteplassar. BLD vil òg arbeide særskilt mot mobbing og trakassering via digitale medium og mobbing relatert til kjønn.
Eit inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper barn og ungdom
BLD vil føre vidare den særskilde satsinga retta mot ungdom i alderen 15–25 år som står utanfor opplæring og arbeidsliv (Unge utanfor). Satsinga vil omfatte innsats på fleire område for å utvikle, støtte og styrkje bruk av arbeidsmåtar og samarbeidsformer som gjer at ungdom kjem i opplæring eller arbeid. Arbeidet byggjer på erfaringar frå utviklingsarbeid og forskingskunnskap om ungdom i målgruppa og kva oppfølging dei treng. Satsinga må sjåast i samanheng med utviklingsretta arbeid overfor tilsvarande målgruppe på barnevernsområdet, sjå omtale under delmål 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern, og anna arbeid i regi av andre departement og direktorat. Erfaringar og kunnskap frå arbeidet vil bli spreidde gjennom konferansar og eigne publikasjonar.
Barn og ungdom med etnisk minoritetsbakgrunn er ei prioritert målgruppe i arbeidet med å sikre gode oppvekst- og levekår for alle. Verkemidla ligg særleg innanfor tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og innanfor barnevernet, sjå omtale under delmål 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern, og gjennom tildelingar til forsking og utviklingsarbeid. Departementet vil òg i 2011 dele ut ein pris til ein vaksen med etnisk minoritetsbakgrunn som gjer ein særleg innsats for barn og ungdom.
BLD har gitt Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS),region vest, i oppgåve å etablere kompetansetiltak for og rettleiing om religiøse miljø og brotprosessar til tilsette i hjelpeapparatet. Etter ei evaluering av arbeidet skal ein i 2011 vurdere korleis arbeidet skal bli ført vidare. Det langsiktige målet er å gjere det ordinære hjelpeapparatet betre i stand til å møte menneske med traumatiske opplevingar knytte til religiøse miljø og brotprosessar.
Departementet vil føre vidare samarbeidet med Sametinget for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane for å styrkje samisk identitet og tilhøyrsle og sikre at rettane til barn og unge blir innarbeidde i kommunale planar. BLD samarbeider med Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Sametinget om Handlingsplan for samiske språk.
BLD vil òg i 2011 bidra til å styrkje integrering og deltaking blant unge med nedsett funksjonsevne gjennom driftstilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.
Målet om likeverd og like høve for jenter og gutar blir følgt opp mellom anna gjennom ulike tilskotsordningar og gjennom kontakt og dialog med ungdomsmiljøa. Til dømes er likeverd og like høve for jenter og gutar eit kriterium det blir lagt vekt på i tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.
EUs ungdomsprogram Aktiv ungdom
Aktiv ungdom er ein viktig reiskap for at barn og ungdom skal kunne ta del i internasjonalt samarbeid og påverke internasjonale, nasjonale og lokale styresmakter. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 30 år og dei som jobbar med ungdom. Bufdir skal, som nasjonalt kontor for dette EU-programmet, halde ved lag det høge nivået på informasjonsarbeidet om og opplæringa av brukarar av programmet også i 2011. Dei største delprogramma gjeld utveksling av ungdomsgrupper og deltaking i volontørtenesta.
Delmål 5.3: Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Redusert fattigdom blant barn og ungdom og familiar i større bysamfunn
Den særskilde satsinga retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem, blei ført vidare i 2009, gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. 31,5 mill. kroner blei fordelte på 167 tiltak i 22 av bykommunane, og i dei sju prioriterte bydelane som er omfatta av ordninga. Det blei gitt støtte til ferie- og fritidstiltak og til tiltak som kan bidra til tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning. Det blei òg gitt støtte til meir langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem.
Departementet initierte i 2009 ei forskingsmessig evaluering av departementets særlege satsing retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdom, innanfor tiltaksordninga. Evalueringa blei utført av Fafo og NOVA i samarbeid. Rapporten blei ferdigstilt i mai 2010 og evaluerer tilskotsordninga for perioden 2003-2009. Rapporten omhandlar tiltaka og måten tilskotsordninga blei forvalta i byane/bydelane som er omfatta av ordninga.
Evalueringa viser at satsinga har bidrege til utvikling av eit stort mangfald av ulike tiltak innanfor dei tre tiltakskategoriane det gis støtte til, ferie og fritid, kvalifisering og langsiktig samordna tiltak. Gjennom tiltaka har kommunane fått meir bevisstheit om fattigdomsproblematikk som rammer barn og ungdom. Tiltaka som BLD har støtta har bidrege til å avdekke problem og gitt brei erfaring om korleis ein kan innrette innsatsen for å møte fattigdomsproblem. Ordninga gir kommunane større moglegheit for å jobbe førebyggjande, og det er nettopp her man innrettar tiltaka.
Strategiar og tiltak for 2011
Dei aller fleste barn og ungdommar i Noreg nyt godt av den økonomiske velstanden. Likevel veks nokre barn og unge opp i familiar der økonomien er eit hinder for å ta del på ulike sosiale arenaer. BLD vil bidra til at barn og unge i område med store levekårsproblem kan ta del på lik linje med andre, og gjennom dette bidra til inkludering og til å motverke utstøyting, sosial isolasjon og andre negative konsekvensar av fattigdom.
BLD vil i 2011 føre vidare den særskilde satsinga retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Gjennom ordninga støttar ein ferie- og fritidstiltak for barn, unge og familiar, tiltak som kan bidra til betre tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning, og meir langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem. Samhandling mellom offentlege aktørar og frivillig sektor står sentralt for å fremje dei sosialpolitiske målsetjingane som ligg til grunn for innsatsen mot fattigdom generelt og barnefattigdom spesielt.
Arbeidet med tilskotsordninga blir følgt opp gjennom to årlege kontakt- og erfaringsmøte med byane. Rapporten frå evalueringa av departementets særlege satsing retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdom innafor tiltaksordninga, gir fleire tilrådingar for det vidare arbeidet, både til departementet og til kommunane som får tilskot. BLD vil følgje opp rapporten, mellom anna gjennom å styrkje departementets kontroll og gjennom å gjere kriteria for måloppnåing tydelegare i rundskrivet til kommunane. BLD vil vurdere korleis ordninga kan sjåast i samanheng med andre tilskotsordningar.
BLDs satsing retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem i større bysamfunn inngår i regjeringas samla satsing mot barnefattigdom. Innsatsen skjer i regi av ulike departement og direktorat. Ei samla oversikt over regjeringas innsats mot fattigdom finst i Arbeidsdepartementets Prop. 1 S (2010–-2011).
Delmål 5.4: Makt og påverknad for barn og unge
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Engasjerte og samfunnsaktive barn og ungdom
BLD støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Støtteordningane for nasjonalt og internasjonalt arbeid er regulerte i forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar av 29. november 2007. Forskriftableipresisert ytterligare i 2009 slik at ho var meir i samsvar med anna diskrimineringsvern i lovverket. Regelverket med endringar av 15. september 2009 blei gjort gjeldande frå og med tilskotsåret 2010.
Midlane blir fordelte av eit fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. Fordelingsutvalet handsama 78 søknader om nasjonal grunnstøtte i 2009, og 77 av organisasjonane fekk tilskot. Det blei handsama 31 søknader om internasjonal grunnstøtte, og alle fekk tilskot. Fordelingsutvalet fordelte 83,5 mill. kroner til nasjonal grunnstøtte og 3,1 mill. kroner til internasjonal grunnstøtte.
I tillegg blei det gitt driftstilskot til Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede. BLD har hatt faste kontaktmøte med desse tre samanslutningane. Departementet har òg arrangert den årlege kontaktkonferansen for dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Temaa for konferansen i 2009 var demokrati og nye former for deltaking.
Brei deltaking og medverknad frå barn og ungdom i samfunnslivet og i saker som omhandlar dei
BLD heldt i 2009 fram med å stimulere kommunane til å auke barn og unges deltaking i og innverknad på samfunnet. Eit forskingsprosjekt om organ for medverking for barn og ungdom i kommunar og fylke blei ført i mål på slutten av 2009, og departementet arbeider med oppfølging av funna frå rapporten. Departementet har spreidd kunnskap om kor viktig det er å involvere barn og ungdom i deira eige lokalmiljø, mellom anna gjennom kåringa av Årets barne- og ungdomskommune og på den årlege barne- og ungdomskonferansen for kommunesektoren. I 2009 retta departementet særskild merksemd mot kontakt med innverknadsorgan på fylkesnivå, og inviterte desse til kontaktmøte i departementet.
Ekspertgruppa for ungdoms fritid og deltaking leverte utgreiinga Ungdoms fritidsmiljø. Ungdom, demokratisk deltakelse og innflytelse i mars 2009. Utgreiinga har vore på høyring, og departementet arbeider med den vidare oppfølginga av forslaga.
Strategiar og tiltak for 2011
Det er behov for å ha kontinuerleg søkjelys på den retten barn og ungdom av begge kjønn har til deltaking og innverknad i kvardagslivet og i samfunnsutviklinga. Eit overordna mål for departementet er å stimulere til at stadig fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og unge, slik at dette blir ein viktig og innarbeidd del av kommunane si verksemd. BLD vil bidra til utveksling av idear og røynsle, mellom anna gjennom kåringa av Årets barne- og ungdomskommune, og ved at temaet blir diskutert på konferansar og samlingar.
Brei deltaking frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane
Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken, og BLD støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane. Støtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unges deltaking og engasjement. Målet er å bidra til eit levande og mangfaldig organisasjonsliv for og med barn og unge.
BLD vil føre vidare tilskotsordninga retta mot sentralledda til barne- og ungdomsorganisasjonane. Ordninga omfattar både grunnstønad til nasjonalt og internasjonalt arbeid, jf. forskrifta om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar.
Kontakten og dialogen med frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar vil halde fram gjennom jamlege kontaktmøte og den årlege kontaktkonferansen mellom departementet og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar.
Unges makt og deltaking
Departementet vil hausten 2010 setje ned eit offentleg utval som skal greie ut unges makt og deltaking. Utvalet skal ha eit breitt perspektiv på arbeidet og greie ut høve og barrierar for makt og deltaking for ulike grupper. Det skal vurdere ulike forslag som kan bidra til å auke unges makt og deltaking på ulike arenaer. Dessutan skal utvalet greie ut unges makt over og høve for meistring av eigen livssituasjon, forhold knytt til unges makt som forbrukarar og som brukarar av offentlege tenester. Utgreiinga skal i hovudsak konsentrere seg om ungdom i alderen 12–26 år og skal leggjast fram for departementet hausten 2011.
Departementet vil i 2011 òg føre fortsetje oppfølginga av forslag frå ekspertgruppe som vart sett ned av BLD for å greie ut om ungdom sine høve til eit positivt fritidsmiljø og deltaking og innverknad lokalt. Fleire av forslaga vil bli vurdert i 2011, og vil bli sett i samanheng med utgreiingsarbeidet om unges makt og deltaking.
Delmål 6.1: Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2008-2009).
Det kommunale barnevernet
46 500 barn og unge tok imot tiltak frå barnevernet i 2009. Dette er 5,3 prosent fleire enn året før. Det er som i tidlegare år fleire gutar enn jenter i barnevernet; 25 500 gutar mot 21 000 jenter tok imot tiltak i løpet av 2009. Talet på barn med tiltak i løpet av 2009 auka i alle aldersgrupper. Den største prosentvise auken var blant barn under 5 år. 8 prosent fleire 0-5-åringar tok imot tiltak i løpet av 2009 enn i 2008. Det var totalt vel 8 900 barn i alderen 0-5 år som tok imot tiltak frå barnevernet i løpet av 2009. Også i forhold til folketalet, auka barn med tiltak i barnevernet i alle aldersgruppene. Her var den største auken i aldersgruppa 13-17 år.
Talet på undersøkingar har aldri vore så høgt som no. I 2009 starta barnevernet over 30 100 undersøkingar. Det er 2 300 fleire enn året før og er ein auke på 8,2 prosent. Talet på avslutta undersøkingar auka frå 27 150 i 2008 til 29 900 i 2009. Halvparten av undersøkingane som vart avslutta i 2009, førte til tiltak etter lov om barnevernstenester. Denne delen har vore stabil dei siste åra. 16 prosent av dei påbyrja undersøkingane i 2009 tok foreldra (mor/far/føresette) kontakt, men nesten like ofte kom meldinga frå skolen (14 prosent). Barnevernstenesta sjølv og politiet er også vanlege meldingsinstansar, med rundt 12 prosent kvar av meldingane som førte til undersøkingar i barnevernet. Meldingar frå barnehagar auka med 25 prosent frå 2008 til 2009. Likevel står barnehagar bak berre 4 prosent av undersøkingane.
Vel åtte av ti barn med barnevernstiltak tek imot hjelpetiltak, som til dømes kan vere økonomisk hjelp, besøksheim, barnehage eller støttekontakt. I alt 38 700 barn tok imot hjelpetiltak i 2009, ein auke på 6,6 prosent frå året før. Talet på barn med omsorgstiltak auka derimot med tre prosent i høve til året før. Det vil seie at om lag 200 fleire barn var under omsorg ved utgangen av 2009 samanlikna med utgangen av 2008. Omsorgstiltak er til dømes fosterheim og plassering utanfor heimen der barnevernet tek over omsorga.
Det statlege barnevernet
I 2009 fekk over 7 000 barn og unge hjelp frå det statlege barnevernet. Figur 3.1 viser aktivitetsutviklinga i statlege tiltak over dei siste tre åra. Målt i opphaldsdagar er veksten totalt sett på 4,5 prosent frå 2008 til 2009. Ein stor del av veksten kom i kommunale fosterheimar med statleg forsterking. Dette er kommunale fosterheimar som får refusjon frå staten for dei utgiftene som overstig den kommunale eigendelen.
Vridinga bort frå institusjonsplasseringar til fordel for auka bruk av fosterheim held fram. Talet på opphaldsdagar i institusjonar er redusert med 2,7 prosent, medan talet på opphaldsdagar i fosterheim har auka med 6,7 prosent samanlikna med 2008. Tala viser at Bufetat har lykkast med vridinga frå institusjon til fosterheim. Sjølv om det er eit mål å auke bruken av fosterheimar og redusere bruken av institusjon, er det behovet til barnet som avgjer kva for tiltak barnet får. Det er tilstrekkelig kapasitet i institusjonane til å gje tilbod til barn som treng det. Når det gjeld kommunale fosterheimar med statleg forsterking, er auken frå 2008 til 2009 på 24,1 prosent. Denne sterke veksten kjem av at fosterheimane tek over meir kompliserte oppgåver som følgje av vridinga frå institusjon til fosterheim. Da vil òg bruken av statlege tilleggsressursar auke, sidan dette ofte er ein føresetnad for at heimen skal klare oppgåva. Bruken av hjelpetiltak i heimen har derimot blitt redusert med 6,8 prosent. Det er ein auke i talet på opphaldsdagar i forskingsbaserte hjelpetiltak, medan det er færre opphaldsdagar i andre statlege hjelpetiltak.
Drift av barnevernsinstitusjonar er i hovudsak ei offentleg oppgåve. Ved kjøp frå private blir ideelle aktørar prioriterte framfor dei kommersielle.
Målet er at alle kjøp av private institusjonsplassar skal vere i samsvar med reglane om offentlege anskaffingar. For å redusere delen av kjøp som ikkje er omfatta av desse reglane, vart det i 2009 gjennomført konkurranse om rammeavtalar som skal sikre full avtaledekking i barneverninstitusjonar. Totalt 72 prosent av dei private plassane vart i 2009 kjøpt innanfor regelverket.
Bufetats kommunikasjonsstrategi
Bufetat følgjer kommunikasjonsstrategien Eit ope barnevern (2008–2011). Funna i undersøkinga Barn og ungdom 2010 tyder på at planen verkar. Her kjem det mellom anna fram at dei fleste barn og unge assosierer barnevernet med noko positivt, og at dei i stor grad veit kva som hovudoppgåva til barnevernet.
Strategien gir overordna mål og føringar. Konkrete tiltak og prosjekt er gitt i ein handlingsplan. I 2009 blei det mellom anna utarbeidd informasjons- og kommunikasjonsmateriell om barnevernet for barn i grunnskolealder (Skolepakka) og ein standardpresentasjon av barnevernet for samarbeidspartnarar.
Kunnskapsbaserte tenester
BLD la i samarbeid med Bufdir våren 2009 fram ein ny strategi for FoU-arbeidet på barnevernsområdet for perioden 2009–2012.
Dei tilsette på institusjonane har fått opplæring i forskrifta om rettar og bruk av tvang under opphald i barnevernsinstitusjonar. Likeeins har ein starta arbeidet med opplæring i å avdekkje og handsame rusproblem.
I 2009 fekk Diakonhjemmet Høgskole Rogaland midlar til å implementere ART-metoden (Agression Replacement Training) i norske barnevernsinstitusjonar.
MultifunC er frå 2009 ein del av det vanlege institusjonstilbodet i barnevernet i Noreg. Effektevalueringa av denne behandlingsmodellen starta i 2009. BLD gav tilskot til Atferdssenteret. Atferdssenteret speler ei sentral rolle i utviklinga og implementeringa av dei evidensbaserte metodane i arbeidet med barn og unge innanfor og utanfor institusjonane. Departementet har støtta barnevernsforsking, mellom anna gjennom programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (2009–2018) i regi av Noregs Forskingsråd.
Forsking og utvikling
Bufdir har i 2009 samarbeidd med ei rekkje andre offentlege instansar og private institusjonar om å gjennomføre forskingsprosjekt for å få meir kunnskap om barns psykiske helse, hjelpetiltak, fosterheimsarbeid og brukarmedverking. Mykje av denne forskinga var basert på tverrfagleg samarbeid mellom barnevern, psykiatri, psykologi og barnemedisin, der formålet er å skape eit solid og heilskapleg kunnskapsgrunnlag for vidareutvikling av barnevernsarbeidet generelt.
Nokre prosjekt blei avslutta i 2009 og har gitt ny kunnskap om mellom anna ettervern generelt og ettervern i eit fleirkulturelt perspektiv. Andre prosjekt blir førte vidare i 2010 og tek sikte på å vinne ny kunnskap på område som sosiale nettverk, meistring og psykisk helse blant einslege mindreårige asylsøkjarar, sosialt arbeid med risikoutsett ungdom og breiare kunnskap om brukarar av barnevernstenesta.
Tidleg og rett hjelp til grupper av utsette barn, unge og familiane deira
Barn med innvandrarbakgrunn tek oftare imot hjelpetiltak i barnevernet enn barn utan innvandrarbakgrunn. BLD er i gang med eit stort arbeid for å styrkje den generelle fleirkulturelle kompetansen i barnevernet. Hausten 2009 tilbaud fire utvalde høgskolar vidareutdanninga Barnevernet i eit minoritetsperspektiv. Tilbodet er finansiert av BLD. Hovudmålet er å auke kompetansen i arbeidet med barn, unge og familiar med minoritetsbakgrunn. Studiet går over eitt semester, og kvar av dei fire høgskolane tilbyr studieplassar til 30 barnevernstilsette. Utdanninga er under evaluering av NTNU Samfunnsforsking, som skal levere sluttrapport innan 1. oktober 2010.
BLD førte vidare mentorordninga Nattergalen i 2009. Målet med ordninga er at dei tilsette i barnevernet skal bli meir kultursensitive i møte med barn, unge og familiar, og at fleire unge med minoritetsbakgrunn fullfører vidaregåande skole og tek høgare utdanning. Ordninga skal prøvast ut til og med skoleåret 2010/11. Det blei sett i gang evaluering av ordninga i 2009.
Departementet gav i 2009 ut ei rettleiing for korleis barnevernet kan utvikle kompetansen sin på å snakke med barn. Det følgjer med ein DVD til rettleiaren som illustrerer samtaleteknikken.
I 2009 blei det gitt ut ei rettleiing om korleis barnevernstenesta skal ta vare på biologiske foreldre på ein god måte etter omsorgsovertaking.
I april 2009 la utvalet som skulle vurdere kompetanseutvikling i barnevernet, fram utgreiinga si (NOU 2009:08). Utvalet fremma ei rekkje tilrådingar, og departementet vurderar nå oppfølginga. Tilrådingane handlar mellom anna om:
styrking av det faglege innhaldet i grunnutdanningane
kvalitetskrav til studieopplegg
turnusordning / rettleia praksis
utgreiing av ei autorisasjonsordning for barnevernspedagogar og sosionomar
etablering av eit nasjonalt fagråd
styrking av det generelle utdanningstilbodet
nasjonal strategi for rekruttering av menn og studentar med minoritetsbakgrunn til barnevernspedagogutdanningane
BLD førte ansvaret for å styrkje innsatsen mot barnefattigdom knytt til barnevernet over til Bufdir i 2008. Barnevernstenesta i 29 kommunar har teke del i og motteke midlar til å utvikle tiltak. Hovudmålet har vore å motverke og hindre reproduksjon av fattigdom og å styrkje samarbeidet mellom barnevernstenesta og sosialtenesta lokalt ytterlegare. Arbeidet blei avslutta i 2009. Arbeidet har vore evaluert, og departementet fekk sluttrapport frå evalueringa i slutten av 2009. Det går fram av rapporten at satsinga har styrkt fokuset på barnefattigdom i dei kommunane som har teke del. Rapporten gir konkrete råd om korleis satsinga kan førast vidare. Departementet vil i samarbeid med Bufdir vurdere oppfølginga av resultata frå rapporten i 2010.
Dei siste tiltaka i Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005–2009) blei sluttførte i 2009. BLD gjennomførte planen i nært samarbeid med mellom anna Bufdir, Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet. NKVTS var involvert i å følgje opp fleire av tiltaka. Dette gjaldt mellom anna ein kunnskapsstatus om førebyggjande tiltak som blei publisert i mars 2010. Departementa vil i 2010 vurdere behov for nye tiltak etter planperioden utover dei tiltaka for barn som er ein del av handlingsplanen mot vald i nære relasjonar.
BLD styrkte innsatsen for å sikre at barn og unge som blir utsette for vald og overgrep i nære relasjonar, får eit godt tilbod. Dei aktuelle tiltaka i Vendepunkt – handlingsplan mot vald i nære relasjonar 2008–2011 blei førte vidare eller sluttførte. Det blei starta eit arbeid for å utvikle ein strategi for å førebyggje aggressiv og valdeleg åtferd blant barn og unge. BLD førte vidare støtte til prosjektet Barn som lever med vald i familien, som starta opp i 2004. Eit hovudmål for prosjektet i 2007–2009 var kompetanse- og metodeformidling til barnevernet. Prosjektet blei sluttført i 2009 med regionale konferansar for barnevernet og dei instansane barnevernet samarbeider med. Det vil kome ein sluttrapport frå prosjektet hausten 2010. Ein landsdekkjande alarmtelefon for barn og unge blei opna i juni 2009.
Handlingsplan mot tvangsekteskap og Handlingsplan mot kjønnslemlesting er nærmare omtalte under delmål 2.4 Kjennskap til og oppslutting om lover og grunnleggjande rettar og plikter. Bufdir gjennomførte tiltaka i handlingsplanen Stopp menneskehandelen (2006–2009), som gjeld personar under 18 år. Bufdir gir butilbod til mindreårige offer for menneskehandel og legg saman med dei kommunale barnevernstenestene til rette for å tryggje og hjelpe offera. Fagteama i Bufetat har rådgivarar med særleg ansvar for menneskehandel. Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år har rutinar for kva dei skal gjere ved mistanke om menneskehandel.
I samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet har BLD over lengre tid satsa særleg på barn med foreldre som er psykisk sjuke og/eller misbruker rusmiddel. I satsinga inngår både informasjons-, kompetanse-, forskings- og utviklingstiltak. For å styrkje kommunane på dette området er det tilsett fem regionale koordinatorar og ein nasjonal koordinator i Bufdir.
BLD gir òg støtte til Nasjonalt kompetansesenter for sped- og småbarns psykiske helse mellom anna for at senteret skal utvikle og implementere gode kartleggingsverktøy til bruk i det kommunale barnevernet og andre stader.
Departementet har avslutta utviklingsarbeidet Utsette unge 17–23 år i overgangsfasar knytt til fattigdomsinnsatsen gjennom barnevernet. I utviklingsarbeidet har åtte kommunar utvikla tiltak som skal hjelpe utsette unge inn i eit sjølvstendig vaksenliv. Arbeidet har vore retta mot å hjelpe ungdom inn i utdanning, arbeid og bustad og mot å gje gode fritidstilbod. NOVA har i 2010 kome med ei sluttevaluering av innsatsen. Rapporten viser mellom anna til gode erfaringar med støttepersonar for unge i overgangen til vaksenlivet.
Departementet tok del i oppfølginga av St.meld. nr. 20 (2005–2006) Alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar (Justis- og politidepartementet) og St.meld. nr. 37 (2007–2008) Straff som virker – mindre kriminalitet – tryggere samfunn. Dette har mellom anna handla om planlegginga av ungdomseiningane (ungdomseiningar / særskilde fengselseiningar for unge lovbrytarar) i regi av Kriminalomsorga.
Departementet førte vidare den økonomiske støtta til nasjonal samordning og oppfølging av Home-Start Familiekontakten Norge, som er eit førebyggjande tiltak for familiar med små barn som er i ein vanskeleg livssituasjon. Departementet gav ekstra midlar til Home-Start Familiekontakten Norge til arbeidet med å støtte familiar med kronisk sjuke barn og barn med nedsett funksjonsevne.
God fagleg utvikling i barnevernet
Det er eit mål å utvikle tiltak i barnevernet som er basert på ny kunnskap og forsking. Dette gjeld heile tiltaksspekteret, både hjelpetiltak og omsorgstiltaka.
Talet på plasseringar i fosterheimar aukar kvart år. Ved inngangen til 2009 var om lag 8 300 barn og unge plasserte i fosterheim. Føringane om å auke talet på plasseringar i fosterheim framfor institusjon er følgde opp. Det var om lag 26 000 fleire opphaldsdagar i fosterheim i 2009 enn året før.
Bufetat, region Midt-Noreg, har klart kravet om at ventetida for å få fosterheim skal vere under seks veker. I dei andre regionane har det vore frå tolv til 68 barn og unge som har venta lenger. I 2009 var det til saman 120 barn og unge som venta utover seks veker. Lang ventetid heng mellom anna saman med at det er krevjande å finne fosterheim til barn og unge med samansette problem.
Talet på plasseringar i institusjonar går ned, og talet på opphaldsdagar er redusert, jf figur 3.1. Likevel er det mange barn som treng eit tilbod på institusjon. Det er eit mål at det einskilde barnet skal få eit individuelt og fagleg godt tilpassa institusjonstilbod, slik at resultatet av institusjonsopphaldet vert positivt for barnet. Direktoratet har starta eit arbeid for å utvikle eit meir likeverdig, kvalitativt betre og kunnskapsbasert institusjonstilbod til ulike grupper av barn og unge. Bufetat følgjer og med på praktiseringa av kvalitetsforskrifta i institusjonane.
Nye standardkontraktar for statlege familie- og beredskapsheimar blei tekne i bruk våren 2010. Standardkontraktane gir oppdragstakarane gode og føreseielege rammevilkår, mellom anna rett til tenestepensjon etter lov om pensjonsordning for oppdragstakarar i statlege beredskaps- eller familieheimar, rett til refusjon av utgifter til yrkesskadeforsikring, rett til fri under og mellom plasseringar, opplæring og rettleiing, beredskap i akuttsituasjonar og vern mot oppseiing av kontrakten.
Det er store utfordringar med å rekruttere nok familiar som fosterheimar. I mars 2009 blei det gjennomført ein nasjonal rekrutteringskampanje med hovudbodskap om at alle med god omsorgsevne i utgangspunktet kan bli fosterforeldre. Kampanjen resulterte i ei firedobling av besøka på fosterhjem.no og ei femdobling av besøka på dei lokale nettsidene.
Kvalitetssikring av PRIDE har vore eit prioritert område i 2009. PRIDE (Parent’s Resources for Information, Development and Education) er eit program for opplæring og rettleiing av fosterforeldre. Grunnopplæringa vart fullført i 2007 og har seinare vore vidareført i regi av Bufetat. Direktoratet har mellom anna utarbeidd felles rutinar for gjennomføring og kvalitetssikring av PRIDE-leiaropplæringa for kursleiarar og grunnopplæringa for fosterforeldre.
Direktoratet har utarbeidd og sett i kraft rutinar for å handtere overgrep i fosterheimar. Det er utarbeidd rutinar både for fosterforeldra og tenesteapparatet. Rutinane er implementerte i regionane og går inn som ein del av PRIDE-opplæringa.
Direktoratet reviderte i 2009 melderutinar for å sikre skole- og opplæringstilbod for barn og unge som blir plasserte utanfor heimen med heimel i barnevernlova. Arbeidet har skjedd i samarbeid med Utdanningsdirektoratet. Rutinane omfattar barn og unge som bur i fosterheimar, barnevernsinstitusjonar og omsorgssenter.
Direktoratet har kartlagt rutinane til regionane for oppfølging av barn og unges skolegang i samband med plassering utanfor heimen, og har på bakgrunn av dette starta opp arbeidet med å lage ei rettleiing for etaten. Arbeidet skal etter planen vere ferdig i 2010.
Bufdir har hovudansvaret for å implementere Program for foreldrerettleiing, i samarbeid med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. I 2009 heldt sertifiseringa av trenarar og rettleiarar fram. Det er til saman om lag 90 trenarar og om lag 1 600 rettleiarar i programmet.
Det er til saman 20 trenarar og 290 rettleiarar i minoritetsprogrammet i dei største kommunane. Fleire av trenarane arbeider med opplæring av nye rettleiarar og implementering av programmet i sin kommune.
Det er gjennomført tilleggsopplæring for 150 sertifiserte rettleiarar i minoritetsprogrammet i ni kommunar for å integrere tema som kjønnslemlesting, tvangsekteskap og vald i barneoppdraginga i foreldrerettleiinga. Bufdir bidrog i arbeidet med å evaluere implementeringsprosessen og effektane av programmet.
Gode omsorgstilbod til einslege mindreårige asylsøkjarar
Ei nasjonal koordineringsgruppe har lagt fram ein plan for utvikling av ein heilskapleg, nasjonal praksis i arbeidet med einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.
På regionnivå har det vore gjennomført ulike kompetansehevande tiltak for tilsette i omsorgssentera. Utviklinga av ein kompetanseplan starta i 2009. Planlegginga av sentralt initierte kursopplegg for miljøpersonell ved omsorgssentera, og fagsamlingar for tilsette med stillingsspesifikke oppgåver, kom òg i gang. Kompetanseplanen skal vere ferdig, og kursrekkjene/samlingane skal gjennomførast i 2010.
I 2009 tok 263 nye einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år imot eit tilbod i regi av Bufetat. 138 barn blei busette i ulike kommunar.
Det blei oppretta tre nye statlege omsorgssenter i 2009. Desse ligg i Grue, Bærum og Gjøvik kommune. Ved utgangen av året var det til saman 120 statlege plassar i sju omsorgssenter. Det er ein auke på 59 plassar frå 2008.
Tabell 3.15 Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar per. 31.12.2007–2009, etter plassering
2007 | 2008 | 2009 | Endring 07–08 | Endring 08–09 | |
---|---|---|---|---|---|
Statlege omsorgssenter | 39 | 61 | 120 | 22 | 59 |
Private institusjonar | 0 | 96 | 98 | 96 | 2 |
Totalt | 39 | 157 | 218 | 118 | 61 |
Kjelde: Bufdirs årsrapport for 2009
Per 31. desember 2009 var 120 barn plasserte i omsorgssenter, og 98 barn var plasserte i private institusjoner.
Ved utgangen av 2009 var den gjennomsnittlege tida for opphald frå barna kom, til dei blei busette, 237 dagar. Det individuelle busetjingsarbeidet for einslege mindreårige flyktningar under 15 år skjer i tett samarbeid med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).
Bufdir samarbeider med IMDi og Utlendingsdirektoratet om enkeltsaker gjennom regelmessige samarbeidsmøte på sakshandsamarnivå og ved deltaking i nasjonale forum som Nasjonalt utval for mottak og busetjing og Forum for integrering og mangfald.
Det er laga ein forenkla versjon av rundskriv Q-05/2004 Om statsrefusjon for kommunale barnevernutgifter for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som er publisert på nettsidene til Bufdir. Målet med den forenkla versjonen er at informasjon om statsrefusjonen blir meir tilgjengeleg og forståeleg for kommunar, kommunerevisorar og andre samarbeidspartnarar.
I tillegg blei det utarbeidd eit rettleiande praksisnotat til hjelp for dei som handsamar refusjonskrav. Målet er å oppnå lik praktisering av refusjonsordninga og eit felles grunnlag for å svare på spørsmål frå kommunar.
Strategiar og tiltak for 2011
Styrkje kapasiteten i det kommunale barnevernet
Talet på barn som tek imot hjelp frå barnevernet har auka kvart år det siste tiåret. Frå 2000 til 2009 var det ein auke på heile 46 prosent. Talet på undersøkingar veks endå meir enn talet på barn med tiltak, og det har vært ein auke i talet på undersøkingar på heile 72 prosent i løpet av dei siste ti åra. Det har også vore vekst i talet på tilsette, men auken har ikkje halde følgje med den auka saksmengda i barnevernet. Talet på årsverk i det kommunale barnevernet har det siste tiåret auka med 32 prosent. Auken i dei frie inntektene til kommunane la grunnlaget for ei styrking av det kommunale barnevernet med 400 årsverk i 2010. Rapporteringane frå kommunane første halvår 2010 tyder på at kommunane ikkje kjem til å opprette alle desse stillingane.
Omfattande dokumentasjon viser at det er svikt i oppfølging av lovkrav innanfor barnevernet. Utfordringar i det kommunale barnevernet viser at det er behov for å styrkje tenestetilbodet på området, og regjeringa vil styrkje det kommunale barnevernet i 2011 med ei øyremerka løyving på 240 millionar kroner. Hovuddelen av denne løyvinga skal gå til nye stillingar, men det vil og vere mogleg å søka om midlar til enkelte andre tiltak som styrkjer barnevernet lokalt. Fylkesmannsembeta, som kjenner kommunane godt, vil handsame søknadene frå kommunane.
Kompetansestyrking i kommunalt barnevern
BLD vil styrkje innsatsen for å sikre at barn og unge som er offer for vald og overgrep i nære relasjonar, får eit godt tilbod om hjelp og eit liv utan vald og overgrep. Det blei i juni 2009 starta eit toårig prosjekt med ein alarmtelefon for barn som er utsette for ulike former for vald, overgrep og vanstell. Prosjektet er administrativt knytt til barnevernsvakta i Kristiansand. Departementet vil i 2011 ta stilling til spørsmålet om vidareføring av alarmtelefonen utover prosjektperioden.
Også på barnevernområdet er det eit utstrekt samarbeid mellom BLD, andre departement, kommunale styresmakter og frivillige organisasjonar. I perioden 2008 – 2010 har BLD mellom anna støtta KS med midlar til å drive effektiviseringsnettverk som skal medverke til interkommunalt samarbeid mellom barnevernet i kommunane og andre kommunale tenester. Nettverket skal gjennomføre ressurs- og kvalitetsanalysar og vil arbeide med indikatorar som mellom anna kan gi kommunane høve til å samanlikne seg med kvarandre. Det er nødvendig å klargjere kven som skal gjere kva i dei kommunale tenestene for å oppdage, og hjelpe, barn så tidleg som mogleg. Systematisk satsing på samarbeid vil bidra til meir effektiv bruk av ressursar.
Utvikle tiltaka i det statlege barnevernet
BLD arbeider for at tiltaka i det statlege barnevernet skal vere baserte på kunnskap og ny forsking. Mellom anna er det utvikla eit behandlingstiltak, multifunksjonell behandling i institusjon og nærmiljø (MultifunC), som rettar seg mot ungdom i alderen 14 til 18 år med alvorlege åtferdsvanskar som har behov opphald i institusjon før dei kan dra nytte av hjelp i heimen. Det er sett i gang arbeid for å utvikle eit tilbod som betre kan ta omsyn til ungdom med samansette problem der rusmisbruk er ein del av problema. I 2011 vil to barneverninstitusjonar med 3-5 plassar kvar opne. Bufdir vil òg få i oppdrag å vidareutvikle samarbeidet med helseføretaka slik at ungdom som har rusproblem kan få det tilbodet dei treng frå spesialisthelsetenesta.
BLD skal sikre at institusjonane har høg kvalitet. Private institusjonar skal godkjennast etter forskrift om godkjenning, og akkurat som dei statlege institusjonane skal dei følgje forskrift om kvalitet. Departementet vil sørgje for eit godt og målretta tilsyn med barn som bur på barnevernsinstitusjonar, og med barnevernet i kommunane. Tilsyn er viktig for å ta hand om barnas rettstryggleik når dei ikkje kan bu heime, men må bu på ein barnevernsinstitusjon eller i ein fosterheim. Fosterforeldra skal følgjast opp betre, og ny fosterheimsavtale er under utarbeiding. BLD vil òg styrkje butilbodet for barn utsette for menneskehandel.
Bufetat region aust har hatt det mellombelse nasjonale koordinerings- og driftsansvaret for arbeidet med einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Sett i lys av svingingane i framkomsttala vil departementet sjå på organiseringa av dette arbeidet fremover.
Kunnskapsutvikling i barnevernet
I 2011 vil departementet arbeide vidare med å utvikle kunnskapsgrunnlaget på fleire område i barnevernet. Dette skal skje gjennom konkrete FoU-prosjekt og utvikling av materiell. Ved utvikling av tiltaka vil ein ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønn der det er naturleg.
Eit av dei sentrale måla i barnevernet er å gjere tenesta meir kunnskapsbasert. Satsinga vil byggje på Bufdirs og BLDs langsiktige forskings- og utviklingsstrategi (2009–2012) på barnevernsområdet. Der det passar inn i enkelte prosjekt, bør prosjekta inkludere problemstillingar og variablar som kjønn, etnisitet, urfolk og sosial status.
Helse- og omsorgsdepartementet og BLD arbeider med å slå saman barnevernets utviklingssenter og regionsenter for barn og unges psykiske helse til felles senter. Samanslåingar vert i 2010 planlagde i region nord og region vest, og dei samanslådde sentra vil frå 2011 få eit felles oppdragsbrev. Målsetjinga med endringa er å skipe meir heilskaplege kompetansemiljø knytte til barn og unges utvikling og behova deira for samansette tenester.
Oppfølging av NOU 2009:8 Kompetanse i barnevernet
Regjeringa si satsing på auka kapasitet i det kommunale barnevernet er omtalt tidlegare. I tillegg til stillingar, er kompetanse ein sentral komponent i styrkinga av det kommunale barnevernet.
NOU 2009:8 Kompetanse i barnevernet viste til mellom anna styrking av det faglege innhaldet i grunnutdanningane, kvalitetskrav til studieopplegg, rettleidd praksis og eventuelt innføring av ei autorisasjonsordning for barnevernspedagogar og sosionomar. Departementet vil òg sjå nærmare på tilrådinga om etablering av eit nasjonalt fagråd, styrking av det generelle utdanningstilbodet og utvikling av ein nasjonal strategi for rekruttering av menn og studentar med minoritetsbakgrunn til barnevernspedagogutdanningane.
Utvikle tiltak for å identifisere rusproblem hos barn og unge og utvikle tilbod til barn av rusmisbrukande og psykisk sjuke foreldre
Styrkinga av det førebyggjande arbeidet i barnevernet skal halde fram, slik at ein kan kome tidleg inn med tiltak og såleis unngå problemutvikling i familiar med barn og ungdom. Saman med Bufdir vil BLD styrkje kompetansen i barnevernet for å bli betre på å handsame rusproblem hos ungdom.
Departementet vil arbeide vidare saman med modellkommunane med å utarbeide modeller for tverrfagleg samarbeid for barnas beste.
Utvikle og setje i verk tiltak i samarbeid med Kunnskapsdepartementet som medverkar til like høve, inkludert skoleresultat og fullføring av utdanning
BLD skal vidareføre innsatsen mot barnefattigdom gjennom barnevernet for å styrkje skole- og arbeidstilknytinga til marginaliserte unge. Det vil bli arrangert ein internasjonal konferanse om barnevernsbarns skoleresultat i samråd med Kunnskapsdepartementet, og departementet vil halde fram arbeidet med utsette unge i overgangsfasar.
Vidareføre evalueringa av barnevernsreforma
Evalueringa av forvaltingsreforma i barnevernet blei sett i gang i 2010. Forskingsdelen av evalueringa er konsentrert om fire område: samhandling og gjensidig påverknad mellom det statlege barnevernet og andre relevante aktørar, institusjonstilbodet, fagleg og økonomisk styring og oppgåve- og finansieringsansvaret i statleg og kommunalt barnevern. Departementet vil få levert rapportar om desse områda hausten 2011. Ei forskingssamanstelling av rapportane med overordna analysar vil bli levert våren 2012. Saman med innspel frå eit barnevernspanel og dialogmøte med viktige stemmer i barnevernsfeltet vil departementet bruke forskingsevalueringa til å sjå på kva som må gjerast for å utvikle feltet vidare.
Arbeide for ei tydelegare ansvarsdeling mellom statleg, regionalt barnevern og kommunane
Ein føresetnad for å få til gode løysingar og tiltak for utsette barn og unge, er eit godt samarbeid mellom statleg regionalt barnevern og kommunane. Departementet vil i 2011, i samarbeid med Bufdir, arbeide for ei tydelegare ansvarsdeling mellom statleg regionalt barnevern og kommunane. Implementering av ei rettleiing for samarbeid og lokale samarbeidsavtaler mellom statleg regionalt barnevern (fagteama) og kommunalt barnevern vil vere viktige verkemiddel for å nå dette målet. Denne rettleiinga vil vere ein sentral del av Program 2010, sjå omtale av organisering og drift av Bufetat under delmål 1.2 Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder.
Handlingsplanar mot tvangsekteskap og kjønnlemlesting
BLD skal følgje opp Handlingsplan mot tvangsekteskap som gjeld frå 2008 til og med 2011. Det statlege barnevernet skal i handlingsplanen etablere eit tilpassa tilbod om bustad for unge under 18 år i kvar av dei fem regionane. Unge i konflikt med familien grunna seksuell legning høyrer med i målgruppa. Frivillige organisasjonar har spelt ei sentral rolle i hjelpetilbodet for ungdom som er utsette for tvangsekteskap, ved at dei har disponert krisebustadene til denne målgruppa.
BLD skal følgje opp Handlingsplan mot kjønnslemlesting som gjeld frå 2008 til 2011. Planen skal mellom anna sikre ei effektiv handheving av lovverket, auka kompetanse og kunnskapsformidling og førebygging og haldningsskapande arbeid. BLD har mellom anna ansvaret for tiltak, kartlegging av saksomfanget og kompetansebehovet i det kommunale barnevernet knytt til kjønnslemlesting og for å utarbeide eit opplæringsprogram for kompetanseheving for tilsette i barnevernstenesta. Desse tiltaka vil bli følgde opp i 2010.
Delmål 6.2: Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Stortinget vedtok i 2009 endringar i barnevernlova som vil medverke til å styrkje barnets rettar i barnevernet, jf. Ot. prp. nr. 69 (2008–2009). Enkelte av endringane blei sette i kraft 1. juli 2009, dei øvrige 1. januar 2010.
Stortinget vedtok i 2010 endringar i adopsjonslova og barnevernlova som opnar for ein rett til kontakt mellom barnet og dei biologiske foreldra etter ein adopsjon utan samtykke frå foreldra etter barnevernlova § 4-20 der dette er til barnets beste, jf. Prop. 7 L (2009–2010) om endringar i adopsjonsloven og barnevernloven. Lovendringa trer i kraft 1. oktober 2010.
Departementet har sendt ut eit høyringsnotat om endringar av Forskriften om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barnevernsinstitusjoner.
Stortinget meiner det er nødvendig å justere praksis i kommunane når det gjeld å fremme saker om samtykke til adopsjon av barn etter barnevernlova § 4-20 for fylkesnemnda, jf. Innst. O. nr. 121 (2008–2009), pkt. 2.4. Departementet meiner det er viktig at fleire slike saker blir fremma for og prøvd av fylkesnemnda. Departementet er i ferd med å utarbeide retningslinjer eller ei rettleiing for kommunane til bruk ved vurderinga av barnets beste i desse sakene.
Departementet har fått greidd ut forholdet mellom FNs barnekonvensjon og norsk rett. Oppgølginga av rapporten Barnets rettigheter på barnets premisser – utfordringer i møtet mellom FNs barnekonvensjon og norsk rett, vil bli vurdert av BLD og dei einskilde fagdepartementa.
Det er eit mål med høgst eitt års sakshandsamingstid i Bufdir for søknader om rettferdsvederlag frå tidlegare barneheims- og fosterheimsbarn (etter St.meld. nr. 24 (2004–2005)). For saker etter St.meld. nr. 24 har gjennomsnittleg sakshandsamingstid vore ti månader. Mot slutten av 2009 var sakshandsaminga for desse sakene om lag seks månader.
Stortinget vedtok i 2009 å opprette ein eigen barnesakkunnig kommisjon for å sikre kvaliteten på alle rapportar frå sakkunnige i barnevernssaker. Kommisjonen blei oppretta og har vore i virke frå januar 2010.
God, forsvarleg og effektiv handsaming i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
Sjå omtale under delmål 1.2 Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder.
Alle meldingar og undersøkingssaker skal gjennomførast i samsvar med tidsfristane i lova
Frå 1. januar 2010 blei det overordna faglege ansvaret for tilsynet med barnevernet overført til Statens helsetilsyn. Frå denne datoen har Statens helsetilsyn det overordna ansvaret for tilsynet som fylkesmannen utøver med barnevernstenesta i kommunane og med barnevernsinstitusjonar, omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år og senter for foreldre og barn. Statens helsetilsyn skal mellom anna bidra til kontinuerleg overvaking av område med fare for svikt, ha ansvar for oppbygging og vedlikehald av kompetanse og innhente, oppsummere og formidle tilsynsrøynsler.
Etter barnevernlova skal kommunane gå gjennom alle meldingar innan éi veke frå meldingane er mottekne. Figuren under viser talet på meldingar i åra frå 2004 til 2009, fordelt på meldingar som er gjennomgått innan ei veke, og meldingar der fristen på ei veke ikkje er halden.
I 2009 var 97 prosent av meldingane gjennomgåtte før det var gått ei veke. Det er 0,5 prosentpoeng færre enn i 2007.
Barnevernet sette i gang undersøking for i overkant av 82 prosent av meldingane. Det skal ikkje gå meir enn tre månader, i særlege tilfelle seks månader, frå ei undersøking er sett i gang, til ho er ferdig. Figuren under viser talet på undersøkingar, fordelt på talet på handsama saker innan fristen og fristoversittingar.
Det var fristoversittingar i om lag 17 prosent av undersøkingssakene i 2009. Dette er ein auke på eitt prosentpoeng frå 2008. Det var store skilnader mellom kommunane og variasjonar frå fylke til fylke.
Femti prosent av dei avslutta undersøkingane blei lagde bort etter undersøking. Delen er uendra frå 2008.
Effektivt og målretta tilsyn
Fylkesmannen førte òg i 2009 tilsyn med barnevernsinstitusjonane og barnevernstenesta i kommunane. Lovpålagte tilsyn i institusjon er gjennomført i 95 prosent av tilfellene. Fylkesmennene har i ulik grad følgt opp krav om systemrevisjon i institusjonane. Rapportar frå desse embeta kan tyde på at ei rekkje saker som skulle vore følgde opp av barnevernet med meir undersøking, blei lagde bort. Departementet følgjer opp dette i sin kontakt med fylkesmennene.
Halvårsrapporteringane frå kommunane til fylkesmennene viste at kommunane per 31. desember 2009 hadde tilsynsansvar for 6 971 barn. Av desse hadde 88,5 prosent tilsynsførar. 63 prosent av desse barna hadde fått tilsyn i samsvar med lovkrav. Det er vanskeleg å nå målet om at alle skal ha tilsynsførar, mellom anna fordi det alltid vil ta noko tid frå eit barn flyttar inn i ein fosterheim eller beredskapsheim, til tilsynsføraren for barnet er på plass. Dette er spesielt aktuelt i akuttsakene. I enkelte høve kan det òg vere vanskeleg å skaffe tilsynsførarar. Fylkesmennene følgjer dette opp overfor kommunane, og BLD tek opp problemstillinga med KS.
Ungdom med tiltak i barnevernet skal ha god oppfølging også etter fylte 18 år
88,7 prosent av alle under omsorg som fylte 18 år i siste halvår av 2009, har fått ført vidare tiltak etter fylte 18 år. Samla låg prosentdelen unge som fekk ført vidare tiltak, på same nivå som i andre halvår av 2008 (88,3 prosent), etter å ha stige svakt i første halvår av 2009 (til 89,7 prosent). Per 31. januar 2009 var totalt 9,6 prosent av dei som var mottakarar av hjelpetiltak, i alderen 18–23 år. Denne delen er litt høgare enn ved utgangen av 2008 (8,7 prosent).
Sikre barns interesser ved innanlands- og utanlandsadopsjon
Stortinget vedtok i 2010 innstramming i reglane om å godkjenne utanlandske adopsjonar. Adopsjonar gjennomførde i adoptantens statsborgarland skal ikkje lenger være automatisk gyldige i Noreg dersom adoptanten var busett her i landet da adopsjonen blei gjennomført. Endringa trer i kraft 1. oktober 2010. Utanlandske statsborgarar som er busette i Noreg, vil da, som alle norske statsborgarar busette i Noreg, måtte søkje norske adopsjonsstyresmakter om godkjenning på førehand, jf. Prop. 7 L (2009–2010) Endringer i adopsjonsloven og barnevernloven.
Departementet er i ferd med å vurdere å ratifisere den reviderte europeiske konvensjon av 27. november 2008 om adopsjon av barn. Det regjeringsoppnemnde utvalet, som blei sett ned i 2008, avleverte utgreiinga si i oktober 2009. Utvalet har mellom anna sett nærmare på dei oppgåvene og det ansvaret styresmaktene bør ha i saker om adopsjon. Utgreiinga har vore på ei brei høyring, og departementet er på bakgrunn av høyringsrunden i ferd med å vurdere den vidare oppfølginga av utgreiinga.
Det blei òg i 2009 gitt tilskot til eit forskingsprosjekt som gjeld den sosiale utviklinga til utanlandsadopterte barn. Delprosjekt om utenlandsadopterte barns sosiale utvikling er ein del av eit større longitudinelt forskingsprosjekt om barns sosiale utvikling frå spedbarnsalderen. Målet er å analysere likskap og skilnader i sosial utvikling mellom barn som er fødde i Noreg, og utanlandsadopterte barn. Samstundes vil ein kunne analysere utviklingsmønsteret innan adoptivgruppa, særleg med omsyn til variablar som adopsjonsalder og kjønn. Prosjektet skal vere ferdig innan 2011.
Tilbodet om adopsjonsførebuande kurs for dei som søkjer om å adoptere eit barn for første gong, heldt fram i 2009.
Strategiar og tiltak for 2011
Barnevern
Departementet har sendt ut eit høyringsforslag om utvida bruk av politiattest i barnevernet og tek sikte på å sende Stortinget eit lovforslag om dette. Departementet har i tillegg sendt ut eit høyringsforslag om revisjon av forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barnevernsinstitusjoner, og vil deretter vedta reviderte forskrifter.
Adopsjon
Departementet vil sikre ei mest mogleg lik handsaming av saker som gjeld søknad om adopsjon både i og mellom dei fem regionane i Bufetat. Departementet vil derfor følgje utviklinga av praksis nøye.
Adopsjonsfeltet har nylig vore gjenstand for ein brei gjennomgang i NOU 2009: 21 Adopsjon – til barnets beste, der det mellom anna er føreslått endringar når det gjeld sakshandsaming av søknad om adopsjon og kva for krav som bør stillast til adopsjonssøkjarar. NOU 2009:21 har vore ute på høyring, og departementet er i ferd med å vurdere utvalets forslag i lys av fråsegna til høyringsinstansane.
Talet på adopsjonar har dei siste åra gått ned, og ventetida for adoptivsøkjarar er aukande. Som følgje av dette har adopsjonsorganisasjonane særlege utfordringar knytte til mellom anna finansieringa av verksemda. Det er viktig at organisasjonane på ein formålstenleg og effektiv måte heile tida er i stand til å ta hand om dei særskilde omsyna som gjer seg gjeldande i arbeidet med adopsjonsformidlinga av barn frå utlandet.
Departementet vil vurdere ei ratifisering av den reviderte europeiske konvensjonen om adopsjon av barn som blei signert i november 2008.
Rettferdsvederlag
Målsetjinga om høgst eitt års sakshandsamingstid i Bufdir for søknader om rettferdsvederlag frå tidlegare barneheims- og fosterheimsbarn (etter St.meld. nr. 24 (2004–2005)) ligg fast.
Delmål 6.3: Heilskaplege og samorda tilbod og tenester
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
BLD har i samarbeid med KS etablert ei forsøksordning med tvisteløysingsorgan for gråsonesaker der det er tvist mellom kommune og stat om betalingsansvaret. Sakene er avgrensa til å omhandle grensa mellom statens betalingsansvar etter barnevernlova og kommunens betalingsansvar etter andre lover. Ordninga blei sett i kraft i 1. januar 2010.
BLD og KS sette i 2008 i gang det treårige prosjektet Betre samordning av tenester til utsette barn og unge, der 15 kommunar prøver ut eit forpliktande samarbeid. Barnevernstenesta, PP-tenesta, sosialtenesta, helsestasjonen, barnehagesektoren og skolesektoren er involverte i samarbeidet. Målet for prosjektet er å få røynsle med gode samarbeidsmodellar som ein kan spreie til alle kommunar i landet. Prosjektet blei følgt opp i 2009 og er vidareført i 2010.
BLD førte vidare støtta til effektiviseringsnettverka Ein lærings- og utviklingsarena for barnevernstenesta i regi av KS. Fleire kommunar fekk høve til å ta del i dette nettverket.
Strategiar og tiltak for 2011
Følgje opp NOU 2009:22 Det du gjør, gjør det helt – betre samordning av tenester for barn og unge
NOU-en blei send på brei høyring våren 2010. Høyringsfristen var 1. september 2010. BLD vil i samarbeid med aktuelle departement gå gjennom høyringsfråsegnene og deretter vurdere vidare oppfølging. NOU-en inneheld ei rekkje forslag til tiltak for betre samordning av tenester for utsette barn og unge, til dømes personleg koordinator for barn og unge som har behov for hjelp frå fleire tenester, felles institusjonar for barnevern og psykisk helsevern for barn og unge, eit eige tvisteløysningsorgan og betre samordning av lovverk.
Vidareutvikle samarbeid med KS
BLD har samarbeidd med KS om utvikling av barnevernet. I 2011 vil dette samarbeidet omfatte heile barne- og ungdomsgruppa med vekt på utsette barn og unge. Målet er å få til betre samordning av tenester og utvikling av eit heilskapleg tenestetilbod for utsette barn og unge. Formålet er å styrkje legitimitet og førebyggjande innsats i barnevernet og sikre kvalitetsutvikling i barnevernet.
Stønad til organisasjonar på barnevernsområdet
BLD ønskjer brukarmedverknad og at alle partane på barnevernsfeltet skal bli høyrde. Departementet har kontakt med ei rekkje organisasjonar som gjer ein stor innsats på feltet. Departementet støttar og samarbeider med organisasjonar som Norsk fosterhjemsforening, Landsforeningen for barnevernsbarn, Barnevernsambandet, PAG-stiftelsen med fleire. Landsforeningen for barnevernsbarn er ei interesseorganisasjon som arbeider for å fremme barnevernsbarnas interesser.
Stønad til utsette familiar og til familiar som har barn med særskilde behov
BLD vil vidareføre stønaden sin til familierettleiingsprogram og støtteprogram for utsette familiar og barn med særskilde behov.
Nærmare om budsjettforslaget
Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
850 | Barneombodet | 11 223 | 12 423 | 12 912 | 3,9 |
852 | Adopsjonsstønad | 13 192 | 16 677 | 14 896 | -10,7 |
853 | Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker | 118 276 | 132 448 | 12,0 | |
854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | 672 945 | 668 393 | 811 184 | 21,4 |
855 | Statleg forvalting av barnevernet | 5 029 267 | 4 931 508 | 5 280 933 | 7,1 |
856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar | 475 176 | 580 500 | 229 077 | -60,5 |
857 | Barne- og ungdomstiltak | 199 613 | 198 600 | 202 506 | 2,0 |
858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | 207 724 | 224 935 | 252 569 | 12,3 |
859 | EUs ungdomsprogram | 8 715 | 6 962 | 7 274 | 4,5 |
Sum kategori 11.20 | 6 617 855 | 6 758 274 | 6 943 799 | 2,7 |
Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
01-23 | Drift | 5 706 945 | 5 678 793 | 5 759 827 | 1,4 |
30-49 | Nybygg og anlegg | 31 329 | 64 997 | 66 427 | 2,2 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskaper | 19 982 | 20 621 | 9 300 | -54,9 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 597 017 | 728 462 | 920 983 | 26,4 |
70-98 | Overføringar til private | 262 582 | 265 401 | 187 262 | -29,4 |
Sum kategori 11.20 | 6 617 855 | 6 758 274 | 6 943 799 | 2,7 |
Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapitler
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
3850 | Barneombodet | 835 | |||
3855 | Statleg forvalting av barnevernet | 1 118 869 | 999 046 | 953 795 | -4,5 |
3856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar | 300 575 | 424 928 | 136 900 | -67,8 |
3858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | 4 904 | 433 | 433 | 0,0 |
3859 | EUs ungdomsprogram | 2 910 | 2 300 | 2 300 | 0,0 |
Sum kategori 11.20 | 1 474 447 | 1 478 624 | 977 975 | -33,9 |
Kap. 850 Barneombodet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 11 223 | 12 423 | 12 912 |
Sum kap. 850 | 11 223 | 12 423 | 12 912 |
Status og hovudoppgåver for verksemda
Barneombodet er eit uavhengig og sjølvstendig organ, oppretta gjennom eiga lov (lov av 6. mars 1981 nr. 5 om barneombod). Hovudoppgåva er å fremme barns interesser overfor det offentlege og private, og følgje med i utviklinga av barns oppvekstkår. Barneombodet har inga formell avgjerdsmakt og driv derfor ikkje sakshandsaming av enkeltsaker etter forvaltingslova. Ombodet skal særleg følgje med på at lovgiving til vern om barns interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarar med dei pliktene Noreg har etter FNs konvensjon om barns rettar.
Barneombodets hovudoppgåve i 2011 er å arbeide for at tilrådingane frå FNs komité for barn sine rettar blir implementerte i Noreg.
Resultatrapport og strategiar
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Tryggleik for barn og unge
Barneombodet hadde i 2009 spesiell merksemd på kommunalt ansvar for barns rettssikring. Ombodet politimelde leiinga i Nittedal kommune fordi Barneombodet meiner kommunen i lengre tid har forsømt sitt ansvar for å verne barn mot vald og overgrep i ei konkret skolesak. Saka blei lagd bort på grunn av forelding. Ombodet har no sendt saka over til Sivilombodsmannen for vurdering.
Barneombodet har òg retta førespurnad til Fylkesmannen i Vestfold om tilsyn med kommunale og fylkeskommunale instansar i samband med Kodalsaka. Fylkesmannen gjennomførte tilsyn og kom med alvorleg kritikk av skolen og tilsette. Barneombodet bad Statsadvokaten gjere greie for saksgangen. Barneombodets engasjement knytte seg til perioden etter rettskraftig dom i saka.
Barneombodet ønskte på bakgrunn av Kodalsaka å sjå nærmare på praksisen ved å sløyfe tiltale frå påtalestyresmaktene. Dette arbeidet starta opp på slutten av 2009 og er ført vidare i 2010.
Barneombodet gjennomførte hausten 2009 eit prosjekt der ein såg på i kva grad tilsyns- og klagesystemet etter opplæringslova sikrar elevane ei forsvarleg opplæring. Resultatet av prosjektet går fram av rapporten Forskjellen mellom å ha rett og å få rett. Tilsyns- og klagesystemet i skolen. Rapport nr. 4 – 2009. Konklusjonane i rapporten viser at det ikkje er heimel for sanksjonar i opplæringslova som kan leggje press på skoleeigaren der svikt og manglar blir avdekte. Elevar er derfor ofte prisgitte skolens evne og vilje til å gi forsvarleg opplæring, setje inn tiltak og rette opp feil.
Ombodet har, i tillegg til prosjektet med tilsyn i skolen, hatt eit prosjekt som ser på korleis tilsyns- og klagesystemet kontrollerer at barnevernet sikrar rettane til barn og unge. Prosjektet omhandla særleg i kva grad tilsynet sikrar at barnevernet følgjer opp pliktene sine etter barnevernlova og barnekonvensjonen. Det er laga ein prosjektrapport som er publisert i mai 2010.
I 2009 informerte Barneombodet barn om barnevernet. Barneombodet får, gjennom samtalar med barn, informasjon om at skolen i lita grad informerer om barnevernet og korleis barnevernet kan hjelpe barn. På alle sine reiser i Noreg har Barneombodet derfor nytta høvet til å oppfordre lokale barnevernskontor til å synleggjere arbeidet sitt på dei lokale skolane.
I supplerande rapport til FNs barnekomité uttrykte Barneombodet bekymring for ressurssituasjonen og strukturen i barnevernet som ei av hovudutfordringane for norske styresmakter framover.
Barneombodet sende åtte uromeldingar til barnevernet i 2009.
Ombodet har bedt om innsyn i to barnevernssaker for å kunne gi ei balansert vurdering av om barna sine interesser er tekne vare på, og for å få betre innsyn i barnevernets arbeid og utfordringar.
Barneombodet sende i 2009 brev til alle politidistrikta for å kartleggje kva for distrikt som har familievaldskoordinatorar og seksuelle overgrepsteam. Resultatet av kartlegginga ble brukt i eit prosjekt om politi- og påtalestyresmaktene si handtering av saker som gjeld barn. Prosjektet blei avslutta i juni 2010, og Barneombodets tilrådingar blei sende til Justis- og politidepartementet.
Ombodet har hatt fleire besøk på barnehusa og hatt innlegg ved arrangement på barnehuset i Hamar. Barneombodet meiner at det varierer i kva grad domstolane nyttar seg av tilbodet på barnehusa, og ombodet har derfor retta ein skriftleg førespurnad til Justis- og politidepartementet for å sikre at barnehusa blir brukte.
Ombodet har vore i aktiv dialog med Utlendingsnemnda i samband med utarbeiding av retningsliner for høyring av barn.
Ombodet brukte i 2009 innsynsretten sin til å gå djupare inn i ein del utlendingssaker. Målet med dette var å klarleggje i kva grad barn sine behov blir analyserte og tydeleggjorde i vedtaka frå utlendingsstyresmaktene. Basert på dei sakene Barneombodet fekk innsyn i, utarbeidde ombodet ein intern rapport til bruk i arbeidet.
Barneombodet har vore engasjert i arbeidet for å innføre obligatoriske, rutinemessige dødsstadsundersøkingar når sped- og småbarn døyr brått og uventa. Det er viktig at foreldre i ein kjenslevar situasjon skal sleppe å ta stilling til om dei ønskjer ei dødsstadsundersøking eller ikkje. Samstundes er det viktig at foreldre ikkje blir unødvendig mistenkeleggjorde når eit barn plutseleg døyr. Lovendringa som opnar for frivillige dødsstadsundersøkingar i regi av helsetenesta, er berre eit delvis gjennomslag i denne saka, fordi foreldre no får høve til å takke nei. Barneombodet meiner at den vedtekne ordninga likevel er betre enn inga dødsstadsundersøking.
Som eit resultat av uroa for at barn har for liten tilgang til klageinstansar i Noreg, starta ombodet i 2009 ein dialog med Sivilombodsmannen og Helse- og sosialombodet i Oslo. Måla er å få til ei betre fordeling av klager frå barn og å gi barn betre kontakt med viktige klageorgan.
God helse for barn og unge
Barneombodet er uroa for den manglande satsinga på helsestasjons- og skolehelsetenesta til barn og unge. Ombodet har i media framheva helsestasjons- og skolehelsetenesta som viktige lågterskeltilbod og kome med innspel til Flatø-utvalet. Barneombodet har òg rapportert uroa i supplerande rapport til FNs barnekomité.
Barneombodet fokuserte i 2009 på tiltak for å betre habiliteringstenestene for barn med funksjonsnedsettingar og ei betre samhandling mellom tenestene. Barneombodet rapporterte bekymringa si både til FNs komité for barn sine rettar og til Flatø-utvalet. Uroa til ombodet heng saman med at kommunane ikkje oppfyller barns rett til individuell plan, og til uvisse rundt ansvarsdelinga mellom skolen, barnevernet og sosialtenesta for tiltak til barn med funksjonsnedsettingar.
Deltaking og innverknad frå barn og unge
Gjennom 2009 arbeidde Barneombodet med eit prosjekt om tolketenester i Noreg. Prosjektet blei starta fordi ombodet var uroleg for at utilstrekkelege tolketenester fører til ulik tilgang til tenester for barn. Dette kan skape diskriminering av minoritetsspråklege familiar.
Barneombodet er uroleg for situasjonen til rom-barn når det gjeld skolegang, barnevern og helsetenester. Ombodet gav derfor innspel til ein handlingsplan for romfolket i Oslo i 2009, men er ikkje nøgd med barnefokuset i denne planen og vil arbeide vidare med dette i 2010.
Ombodet har gitt innspel i fleire høyringar om endringar i opplæringslova. Hovudvekta har lagt på retten til spesialundervisning og tilpassa opplæring, fråfall og behovet for auka kompetanse blant lærarar og leiinga i skolen. Ombodet etterlyser òg andre faggrupper i skolen for betre å kunne verne om barns rettar. Ombodet har i rapporten Tilsyn og klage i skolen peikt på at elevane har rettar, men at systemet ikkje sikrar dei desse rettane.
Ombodet heldt i 2009 fram med å arbeide for samiske barns rett til opplæring i og på samisk. Ei av oppgåvene i 2009 var å engasjere seg i oppvekstmiljøet i Karasjok kommune.
Ombodet meiner at offentlege dokument, saksutgreiingar og domstolsavgjerder i lita grad refererer til barnekonvensjonen, og har i rapport til FN tilrådd at barnekonvensjonen i større grad blir gjort synleg i offentlege dokument som handlar om barn.
På ei barnehøyring i Oslo gav til saman 59 barn innspel til korleis barnekonvensjonen bør følgjast opp, og kva slags utfordringar Noreg står overfor. Konklusjonane frå høyringa blei samla i ein rapport som blei sendt til FNs komité for barns rettigheter før Noreg skulle eksaminerast
Fylkesmannen i Nordland har etablert sjekklister til bruk i kommunane for å registrere om barn sine rettar etter barnekonvensjonen er oppfylte. Ombodet meiner dette er ein god måte å sikre at kommunane følgjer opp pliktene sine, og har derfor promotert denne løysinga rundt om i landet. Målet er at alle fylka skal etablere denne typen system.
Som eit ledd i å fremme barnekonvensjonen og gjere han kjent har Barneombodet vore redaktør for boka BARN. Målet med boka er å vise fram ulike sider av barnekonvensjonen i norsk kvardag. Forfattarinntektene av boka går til UNICEF-kampanjen Den eine.
Barneombodet har arbeidd aktivt med å promotere reell deltaking på kommunenivå gjennom stemmerett for 16-åringar. Ombodet har i denne prosessen også delteke på ei rekkje samlingar for barn og unge ulike stader i landet og snakka om barn og unge sin rett til deltaking.
Tilbakemeldingar til Barneombodet tyder på at det er ein vesentleg mangel på kompetanse og kunnskap om skolemiljøutval i lokalsamfunnet. Ombodet har vore på turné for å opplyse om skolemiljøutval som ein viktig arena for barns medverknad i skolen og delteke på Elevorganisasjonens skolemiljøkonferanse 2009.
I 2009 etablerte Barneombodet eit eige deltakingsteam for deltaking på tre nivå: gjennom ekspertgrupper, ekspertmøte og ungdomspanel.
Ombodet utarbeidde ein egen intern mal for arbeid med ekspertgrupper. Det blei etablert ei ekspertgruppe av barn med foreldre i fengsel, ei gruppe med incestutsette barn og ei gruppe av jenter med minoritetsbakgrunn.
I 2009 held ombodet fram samarbeidet med ekspertgruppa av valdsutsette barn. Gruppa gav innspela sine til politidirektør Ingelin Killengren, noko som resulterte i endra rutinar for politiets handsaming av familievaldssaker. Rapporten frå ekspertgruppa blei publisert i februar 2010.
Gruppa med barn som har vore utsette for incest, har gitt råd til Barneombodet, kunnskapsministeren og representantar for politiet om handtering av barn som har vore utsette for seksuelle overgrep.
Som eit ledd i arbeidet for tidleg intervensjon arrangerte ombodet eit ekspertmøte mellom ungdom i risikosona for kriminalitet og Det kriminalitetsførebyggjande rådet (KRÅD). Ombodet ønskte å leggje til rette for at barn blei høyrde i prosessen med at KRÅD skulle utarbeide ei rettleiing for tidleg intervensjon.
Barneombodet hadde gjennom året tre ekspertmøte med barn som hadde opplevd samlivsbrot. I desse møta fekk ombodet innspel til korleis ein kan sikre barnets beste i denne prosessen, og kva som er viktig for barn når foreldra går frå kvarandre. Innspela skal trykkjast i plakatform som Barnas ønskjeliste i oktober 2010.
I 2009 utarbeidde Barneombodet meir omfattande informasjon for barn på nettsidene og publiserte dokumentmalar for foreldre og barn som ønskjer å klage på skolemiljø og barnevernstenester.
Barneombodet har i 2009 òg arbeidde internasjonalt. Formålet var å kunne promotere barneombodsordninga ved å samarbeide med, og lære av, andre ombod.
Barneombodet har tidlegare vore deltakar i menneskerettsdialog med Kina. I 2009 var ombodet deltakar i dialogen med Indonesia, men heldt fram med Kina gjennom eit eige prosjekt.
Etter det årlege møtet i 2009 mellom dei nordiske barneomboda har alle dei nordiske landa intensivert sitt arbeid på tannhelsefeltet.
Strategiar og tiltak for 2011
Barneombodet vil i 2011 arbeide for å verkeleggjere barnekonvensjonens rettar i Noreg ved å sikre rettane til barn gjennom betre lovgiving, betre samordning av tenester for barn og betre fordeling av ressursar til barn.
Barneombodet vil vidare arbeide for at dei generelle prinsippa i barnekonvensjonen blir sikra i Noreg. Dette inneber å arbeide mot diskriminering som gjeld alder, urfolks- og nasjonal minoritetsstatus og etnisk minoritetsbakgrunn. Barneombodet vil i 2011 òg arbeide for å sikre retten til tanke-, samvits- og religionsfridom for barn og sikre at barn har tilgang til rett informasjon.
For å oppnå auka respekt for synspunkta til barn vil Barneombodet arbeide for at barn skal ha rett til å uttale seg i saker som vedkjem dei sjølve, og at barn skal ha rett til aktiv deltaking i samfunnet.
Barneombodet meiner òg at det er viktig å auke medvitet om barnas beste. Barneombodet vil derfor setje eit særlig søkjelys på instansar som handsamar saker der barn er involverte. Barneombodet vil arbeide vidare med å fremme informasjonsarbeid om barnevernstenesta.
Arbeidet for å sikre barns rettar i familien og under alternativ omsorg er viktig. Barneombodet ser behov for at behandlinga av barn som er skilde frå foreldra, bør bli betre, og at barn bør få betre rettar i familiesameiningssaker. Det same gjeld barn som er fråtekne familiemiljøet, og barn som er utsette for vald og omsorgssvikt.
Dei siste åra har Barneombodet arbeidd med å betre helsa for barn. Arbeidet har særleg vore retta mot tilhøva for barn med nedsett funksjonsevne, helsetenester for barn og levestandarden for barn som lever i fattigdom. Barneombodet vil arbeide vidare med desse sakene i 2011.
Det er viktig at alle barn har tilgang til utdanning, fritid og kulturelle aktivitetar. Barneombodet vil arbeide for å betre tilgangen til tilpassa undervisning, til eit godt skolemiljø, oppnåing av målsetjinga for utdanning og betre kunst- og kulturtilbod for barn.
Barneombodet vil arbeide for at barn får spesielle forsvarstiltak. Dette gjeld spesielt flyktningbarn, barn som er i konflikt med lova, barn som er utsette for utnytting eller menneskehandel, og barn som høyrer til minoritetsgrupper eller urfolk.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje lønn til tilsette og andre driftsutgifter ved Barneombudet. Barneombudet hadde 17 tilsette per 1. mars 2010. Av dei tilsette var 13 kvinner.
Kap. 852 Adopsjonsstønad
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
70 | Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving | 13 192 | 16 677 | 14 896 |
Sum kap. 852 | 13 192 | 16 677 | 14 896 |
Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Om tildelinga av adopsjonsstønad
Eingongsstønad ved adopsjon av barn frå utlandet blei innført frå og med 1992 for å motverke ei ujamn sosial fordeling av adopsjonar knytt til foreldras økonomi som følgje av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet. Bufdir, som forvaltar tilskotsordninga, tok imot 315 søknadar om adopsjonsstønad i 2009, mot 327 søknadar i 2008. 347 adopsjonar blei formidla i 2009.
Stønaden blir ytt adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må anten vere gjennomført i Noreg, eller han må vere gjennomført i utlandet og registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir. Direktoratet skal ha motteke dei rette dokumenta frå opphavslandet til barnet før det kan handsame søknaden. Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg da dei fekk barnet i si omsorg, og da adopsjonen blei gjennomført eller registrert her i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av forhold i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Det er likevel høve til å gi eingongsstønad dersom barnet har kome til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet da dei fekk barnet i si omsorg.
Tilskotet til foreldre som adopterer barn frå utlandet er i 2010 på 41 280 kroner per barn. Stønaden blir auka til 42 560 kroner tilsvarande prisjustering i 2011. Løyvinga er føreslått redusert med 1,781 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2010, da det er venta færre adopsjonar i 2011.
Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 118 276 | 132 448 | |
Sum kap. 853 | 118 276 | 132 448 |
Status for verksemda
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har avgjerdsmakt i dei såkalla tvangssakene i barnevernlova, sosialtenestelova og smittevernlova. Over 90 prosent av sakene er saker etter barnevernlova. Resultatrapport, strategiar og tiltak for fylkesnemndene er omtalt under programkategori 11.00 Administrasjon, under delmål 1.2 Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder.
Likestilling
Per 31. desember 2009 var det 94 tilsette i fylkesnemndene. Av desse var 76,6 prosent kvinner. 34 av 55 fylkesnemndsleiarar var kvinner, og to kvinner og to menn var tilsette som regionleiarar.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter mellom anna knytte til opplæring, drift og leige av lokale og kjøp av varer og tenester i dei 12 fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Løyvinga dekkjer òg utgifter til lønn og andre driftsutgifter i den nye sentraladministrasjonen. Om lag ein tredjedel av løyvinga på posten blir nytta til saksutgifter i nemndene.
Det har vore ein kraftig auke i talet på saker til handsaming i fylkesnemndene. BLD føreslår at løyvinga til fylkesnemndene blir auka med 10 mill. kroner. Midlane skal nyttast til å auke talet på fylkesnemndsleiarar, samt til å styrkje den administrative leiinga av verksemda.
I samband med utskilinga av fylkesnemndene som eige forvaltingsorgan føreslår BLD å flytte 1,098 mill. kroner til Finansdepartementets kap 1605 Senter for statleg økonomistyring, post 01 Driftsugifter grunna overføring av lønns- og budsjettoppgåver frå Servicesenteret for departementa til Senter for statleg økonomistyring. Bruken av midlane er uendra.
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter – Fylkesnemndene for sosiale saker | 115 149 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71 | 48 565 | 36 846 | 73 432 |
50 | Forsking | 13 294 | 13 719 | 5 000 |
60 | Kommunalt barnevern | 240 000 | ||
64 | Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving | 147 871 | 185 752 | |
65 | Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving | 289 032 | 372 762 | 457 400 |
70 | Tilskot til Rostad ungdomsheim og Rostad ettervernsheim | 2 530 | ||
71 | Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21 | 56 504 | 48 048 | 23 737 |
72 | Atferdssenteret | 11 266 | 11 615 | |
Sum kap. 854 | 672 945 | 668 393 | 811 184 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak, mellom anna kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet, evaluering av barnevernsreforma, adopsjon, arbeid retta mot barn av rusmisbrukande og psykisk sjuke foreldre, til familierådslag og liknande tiltak. Posten dekkjer òg kostnader til konferansar, kjøp frå ulike frivillige og offentlege organisasjonar, tilsynsopplæring, informasjon, kompetanseutvikling i kommunane og internasjonale forpliktingar. Posten blir òg nytta til drift av Barnesakkyndig kommisjon og Barnevernets tvisteløysingsnemnd og driftstilskot til Alarmtelefonen for barn og unge.
Det er føreslått ein auke i løyvinga posten på 0,9 mill. kroner i samband med interne omprioriteringar på BLDs budsjettt.
Det er føreslått å flytte 5,4 mill. kroner frå kap. 854, post 50 Forsking til posten. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Det er føreslått å flytte 28,3 mill. kroner frå kap. 854, post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a. til posten. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Post 50 Forsking
Løyvinga på posten skal nyttast av Noregs forskingsråd til forskingsprogramma Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) og Program for rusmiddelforsking. Det er føreslått å flytte 5,4 mill. kroner til kap. 854, post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Det er føreslått å flytte 2,9 mill. kroner til kap. 854, post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Post 60 Kommunalt barnevern
Formål
Løyvinga skal dekkje særskilt tilskot til kommunane for å styrkje det kommunale barnevernet.
Tildelingskriterium
Løyvinga blir fordelt av fylkesmennene etter søknad frå kommunane. Hovuddelen av denne løyvinga skal gå til nye stillingar, men det vil og vere mogleg å søkje om midlar til enkelte andre tiltak, til dømes kompetansetiltak, som styrkjer barnevernet lokalt.
Oppfølging og kontroll
Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollerte gjennom kommunanes rapportering til fylkesmannen.
Budsjettforslag for 2011
Det er føreslått ei løyving på 240 mill. kroner til å dekkje utgifter i kommunane til oppretting av nye stillingar i barnevernet og enkelte andre tiltak. Delar av midlane vil bli nytta til administrasjon.
Post 64 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
Det er føreslått å flytte tilskotet til kapittel 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar slik at alle tilskota til kommunane frå BLD ved busetjing av asylsøkjarar og flyktningar står på same kapittel.
For ein nærmare omtale av tilskotet sjå kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar, post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktingar.
Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
Formål
Løyvinga skal dekkje statsrefusjon for kommunale utgifter til barnevernstiltak. Frå 2011 skal det ikkje lenger førast refusjon for utgifter for barn i statlege tiltak. Målet med statsrefusjonen er å oppnå busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar så raskt som mogleg og å sikre gode bu- og omsorgstiltak. Mange bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige er kommunale tiltak som blir drifta av kommunane i samband med busetjing (til dømes bukollektiv). Bufetat har ansvaret for å gi rettleiing til kommunane ved val av butiltak med meir. Dersom utgiftene til bu- og omsorgstiltak med stønad og oppfølging er høgare enn den kommunale eigendelen, skal utgiftene refunderast av staten. Bufetat har ansvaret for å administrere refusjonsordninga.
Tildelingskriterium
Alle kommunane blir omfatta av ordninga dersom dei set i verk barnevernstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Etter fullmakt frå BLD er det Bufetat som betaler ut refusjon til kommunane, jf. Rundskriv om statsrefusjonfor kommunale barnevernutgifter for enslige mindreårigeasylsøkere og flyktninger (Q-05/2004).
Oppfølging og kontroll
BLD har tilgang til å setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene for løyvinga, jf. løyvingsreglementet § 10.
Budsjettforslag for 2011
Det er føreslått å auke eigendelen frå 14 180 kroner per månad i 2010 til 14 605 kroner per månad i 2011, tilsvarande prisjustering. Ein forventar at det blir utbetalt refusjon for om lag 955 barn i 2011 mot 814 i 2010.
Det er føreslått å auke løyvinga på posten med 84,6 mill. kroner frå saldert budsjett 2010.
Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 21
Posten dekkjer tilskotet til ulike tiltak innanfor barnevernet og tilskotet til formål som dekkjer særlege behov for tilbod hos utsette barn, unge og familiar. Midlane blir i hovudsak retta inn mot organisasjonar som kan styrkje arbeidet med førebygging av problemutvikling blant barn og unge, tiltak som kan betre oppfølginga av barn i fosterheim og institusjon, og vidareutvikling av desse tiltaka.
Departementet føreslår å auke løyvinga til dei tre godkjende adopsjonsorganisasjonane med 0,8 mill. kroner. Forslaget om å auke løyvinga er i tråd med synspunkta i NOU 2009:21 Adopsjon – til barnets beste. Det er òg føreslått å auke løyvinga til Landsforeningen for barnevernsbarn med 0,2 mill. kroner. I samband med omprioriteringar i budsjettet for 2011 er posten føreslått redusert med 0,4 mill. kroner.
Det er føreslått å flytte 28,3 mill. kroner til post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken meir korrekt.
Det er føreslått å flytte 2,9. mill. kroner frå post 50 Forsking til posten. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken meir korrekt.
Post 72 Tilskot til Atferdssenteret
Posten dekkjer tilskotet til forsking ved Atferdssenteret.
Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 44 900 | 51 917 | |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 211 | ||
18 | Refusjon av sykepengar | 1 243 | ||
Sum kap. 3854 | 46 354 | 51 917 | 21 447 |
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Posten er føreslått flytta til kapittel 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar på grunn av flyttinga av kapittel 854 Tiltak i barne og ungdomsvernet, post 64 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar til kapittel 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar, post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar, jf. omtale under kapittel 854, post 64.
For ein nærmare omtale sjå kapittel 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar, post 02 særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige asylsøkjerar, ODA-godkjente utgifter.
Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60 | 3 210 059 | 3 114 157 | 3 391 000 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 53 877 | 65 112 | 64 130 |
22 | Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01 | 1 573 888 | 1 517 294 | 1 564 330 |
45 | Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast | 31 329 | 64 997 | 66 427 |
60 | Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01 | 160 114 | 169 948 | 175 046 |
Sum kap. 855 | 5 029 267 | 4 931 508 | 5 280 933 |
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60
Posten omfattar mellom anna lønnsutgifter, utgifter til leige og drift av lokale, utgifter til opplæring og andre utgifter til varer og tenester i det statlege, regionale barnevernet. Posten dekkjer òg driftsutgifter ved statlege barnevernsinstitusjonar og drift av andre statlege barnevernstiltak.
Det er venta ein auke i talet på klientar i det statlege barnevernet. Samstundes er etaten inne i ein prosess for å sikre betre utnytting av dei tilgjengelege ressursane, og departementet meiner at noko av meirutgiftene kan dekkjast av kostnadsreduserande tiltak. Det er føreslått å auke løyvinga på posten med 20 mill. kroner som følgje av klientvekst i det statlege barnevernet.
Som følgje av innføring av standardkontraktar for statlege beredskaps- og familieheimar føreslår BLD å auke løyvinga med 120 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingstiltak og opplæring for å styrkje kvaliteten og effektiviteten i barnevernet. Dette gjeld mellom anna etablering og utprøving av nye metodar i barnevernet og studiar av effektane av ulike behandlingsopplegg.
Posten er føreslått redusert med 3 mill. kroner som følgje av redusert tilskot til Atferdssenteret.
Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01
Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak. Kjøp av plassar er underlagt forskrift for offentlege innkjøp.
Post 45 Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Posten dekkjer større utstyrskjøp, mellom anna bilar til barnevernsinstitusjonar.
Post 60 Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01
Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjonar av utgifter som overstig satsen for kommunale eigendelar til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak.
Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Diverse inntekter | 23 355 | 25 868 | 26 670 |
02 | Barnetrygd | 3 419 | 3 372 | 3 477 |
03 | Refusjon for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar | 110 406 | 73 060 | |
15 | Refusjon av arbeidstiltak | 1 024 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 30 909 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 48 | ||
18 | Refusjon av sykepengar | 84 079 | ||
60 | Kommunale eigendelar | 865 629 | 896 746 | 923 648 |
Sum kap. 3855 | 1 118 869 | 999 046 | 953 795 |
Post 01 Diverse inntekter
Dei budsjetterte inntektene på posten gjeld ulike prosjekt og tiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år til år.
Post 02 Barnetrygd
På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter motsvarande refusjonane blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.
Post 03 Refusjon for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar
På posten blei det tidlegare rekneskapsført refusjonar til Bufetat for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar for kostnader utover den kommunale eigendelen knytt til bruk av statlege plassar eller kjøp av plassar. Utgifter motsvarande refusjonane blei tidlegare rekneskapsførte på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.
Frå 2011 skal det ikkje lenger førast refusjon for statlege utgifter, og behovet for løyvinga fell bort.
Post 60 Kommunale eigendelar
På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjonar, fosterheimar eller ved tiltak i heimen. Det blir føreslått å prisjustere kommunanes eigendelar for barn under behandling av statleg barnevern frå inntil 33 358 kroner til inntil 34 359 kroner per barn per månad for tiltak i institusjon. For andre tiltak blir eigendelen på inntil 26 850 kroner per barn per månad.
Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 472 052 | 580 500 | 229 077 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 3 124 | ||
Sum kap. 856 | 475 176 | 580 500 | 229 077 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til drift av omsorgssentera for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år og til arbeidet med busetjing. Som følgje av at det er venta ei nedgang til 100 einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år under barnevernet si omsorg i 2011, er posten føreslått redusert. Det vil vere 164 plassar i statlege omsorgssentera for einslege, mindreårige asylsøkjarar ved inngangen til 2011. Det er ikkje realistisk å byggje ned kapasiteten til 100 plassar. Løyvinga på posten blir derfor føreslått redusert til å dekkje 115 plassar. Det blir på den bakgrunn føreslått å redusere løyvinga posten med 351,4 mill. kroner frå saldert budsjett 2010.
Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Diverse inntekter | 288 | ||
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 293 000 | 424 928 | 136 900 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 861 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 1 | ||
18 | Refusjon av sykepengar | 5 425 | ||
Sum kap. 3856 | 300 575 | 424 928 | 136 900 |
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECD/DACs (Development Assistance Centre) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Det blir føreslått at 136,9 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01 blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningstiltak i Norge godkjent som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter, på Utanriksdepartementet sitt budsjett. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på denne posten.
Som følgje av færre einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssentera blir det føreslått å redusere posten med 288 mill. kroner.
Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71 | 2 569 | 2 288 | 12 655 |
50 | Forsking | 6 688 | 6 902 | 4 300 |
60 | Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast | 48 537 | ||
70 | Barne- og ungdomsorganisasjonar | 95 543 | 97 596 | 100 621 |
71 | Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 21 | 10 275 | 11 038 | 4 000 |
73 | Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast | 52 899 | 47 078 | |
79 | Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast | 31 639 | 33 698 | 32 393 |
Sum kap. 857 | 199 613 | 198 600 | 202 506 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Posten vil bli nytta til utgifter i samband med konferansar, informasjonsmateriell, utgreiingar, forsking, statistikk og anna som inngår i arbeidet med å sikre eit godt oppvekstmiljø for barn og ungdom. Midlar til nettportalen ung.no inngår òg i posten. Det vil òg bli brukt midlar frå posten til delar av ei satsing på ungdom som står utanfor opplæring og arbeidsliv (satsinga Unge utanfor).
Det er føreslått å flytte 2,816 mill. kroner frå post 50 Forsking, 7,38 mill. kroner frå post 71 Utviklingsarbeid og 100 000 kroner frå kap. 857, post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid o.a. til posten. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken meir korrekt.
Post 50 Forsking
Løyvinga på posten skal nyttast av Noregs forskingsråd til forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon.
Det er føreslått å flytte 2,816 mill. kroner til post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast
Målsetjing
Posten blir nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Formålet er å bidra til å betre oppvekst- og levekåra i 23 bykommunar; Oslo (sju prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.
Tildelingskriterium
Løyvinga har barn og unge, og særleg ungdom i alderen 12-25 år som målgruppe, og blir nytta til tiltak og prosjekt som rettar seg mot barn og unge med spesielle behov og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Ordninga er todelt, ho har ei særleg satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak) og ei særleg satsing retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem. Barn og unge med innvandrarbakgrunn står overfor spesielle utfordringar, og arbeid som fremmer integrering, har høg prioritet. Bykommunane blir invitert til å søkje om tilskot til tiltak som:
bidreg til sosial inkludering og førebyggjer uønska sosial åtferd som mellom anna vald, mobbing, kriminalitet, rus og rasisme, og motverkar fordommar, diskriminering og fremmer gjensidig aksept.
bidreg til deltaking og medverknad for barn, ungdom og ungdomsgrupper som i liten grad nyttar seg av dei eksisterande kultur- og fritidstilbod.
bidreg til kvalifisering og inkludering av ungdom, mellom anna gjennom etablering av alternative meistringsarenaer.
motverkar eller dempar fattigdomsproblem blant barn, unge og deira familiar.
fremmer likeverd og like høve for jenter og gutar.
fremmer deltaking og likeverdige høve for barn og ungdom med nedsett funksjonsevne.
Bykommunane kan søkje om midlar til lokale tiltak og prosjekt på fire ulike måtar:
spesialsatsing (ungdomstiltak), som omfattar dei fire største byane, Oslo (sju prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim og Stavanger
tilskot til ungdomstiltak i 19 bykommunar (Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik)
tilskot til tiltak mot fattigdom blant barn, unge og familiar, som omfattar alle dei 23 bykommunane og sju prioriterte bydelar i Oslo
tilskot til strakstiltak, som omfattar alle dei 23 bykommunane og sju prioriterte bydelar i Oslo.
I overkant av ein tredel av løyvinga blir nytta til ungdomstiltak. Det blir gitt ei ramme til dei fire største byane, Oslo (sju prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim og Stavanger (pkt. 1), medan dei 19 andre byane får tildelt tilskot etter søknad (pkt. 2). Om lag tre femtedelar av løyvinga er sett av til tiltak og prosjekt retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem (pkt. 3). Ein kan søkje om tilskot til ferie- og fritidstiltak, tilskot til tiltak som kan bidra til betre tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning, og tilskot til meir langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem. Løyvinga kan òg nyttast til strakstiltak for å løyse oppgåver og problem av akutt karakter i ungdomsmiljøa (pkt. 4). Bydelar, frivillige organisasjonar, ungdomsgrupper, offentlege og private aktørar kan søkje. Departementet kan òg ta initiativ til å støtte enkelte prioriterte område. I tråd med Soria-Moria-erklæringa vil tiltak i Groruddalen bli særleg prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom kommunanes rapportering og rekneskap til departementet.
Budsjettforslag for 2011
Det er føreslått å flytte 48,537 mill. kroner som tidlegare blei løyvde på kap. 857, post 73, til posten. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar
Målsetjing
Posten omfattar tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar sitt arbeid.
Formålet er å leggje til rette for barn og ungdoms deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonane. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sikre organisasjonane som arena for medverknad og demokrati.
Tildelingskriterium
Den nasjonale grunnstøtta til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar blir regulert av ei eiga forskrift. Forskrift av 29. november 2007 med endringar av 15. september 2009 blei gjeldande frå tilskotsåret 2010. Midlane blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. For å syte for ein enklare søknadsprosess for dei om lag 80 organisasjonane som får stønad, vil det i 2011 blir teke i bruk elektronisk innlevering av skjema. BLD er klageinstans for vedtak fatta av Fordelingsutvalet.
Det blir òg gitt nasjonalt driftstilskot til LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede. Også midlar til tilskotsordninga Mangfold og inkludering inngår i posten. Ordninga blei oppretta i 2008 og blir forvalta av LNU. Det blir òg nytta midlar frå posten til forsking på barne- og ungdomsorganisasjonar.
Oppfølging og kontroll
Krav til revisjon, rapport og kontroll av nasjonal grunnstønad er regulert av forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og instruks for Fordelingsutvalet. Andre tilskot som blir gitte gjennom denne posten, blir kontrollerte gjennom rapportering og rekneskap.
Post 71 Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 21
Målsetjing
Posten blir nytta til å støtte forsking og utviklingsarbeid som kan gi auka kunnskap og bidra til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom.
Tildelingskriterium
Frå posten blir det vidare gitt tilskot til utviklingsarbeid, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling som ledd i gjennomføringa av dei måla som departementet har sett for arbeidet på barne- og ungdomsområdet. Posten vil òg bli nytta til delar av ei satsing på ungdom som står utanfor opplæring og arbeidsliv (satsinga Unge utanfor).
Oppfølging og kontroll
Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollerte gjennom rapportering og rekneskap.
Budsjettforslag for 2011
Det er føreslått å flytte 7,38 mill. kroner til post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Post 73 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast
Det er føreslått å flytte midlane til post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid, o.a. kan overførast
Målsetjing
Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, enkeltpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt.
Hovuddelen av posten blir nytta til Noreg sitt bidrag til deltaking i EU-programma Aktiv ungdom, Sikrare Internett og Daphne III, som varer fram til 31. desember 2013. Posten dekkjer òg Noreg sitt bidrag til Det europeiske ungdomsfond i Europarådet, kostnader i samband med bilateralt samarbeid, samarbeidet i nærområda, særleg samarbeidet innanfor rammene av Noregs deltaking i Barentsrådet og Austersjørådet, og andre tiltak knytte til det mellomstatlege samarbeidet på ungdomsområdet. Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstønad til sitt internasjonale arbeid. LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til sitt internasjonale arbeid.
Tildelingskriterium
Bidraga for deltaking i dei ulike EU-programma blir fastsette etter ein fordelingsnøkkel nedfelt i EØS-avtala. Storleiken på bidraget til Det europeiske ungdomsfondet blir fastsett av Ministerkomiteen i Europarådet. Tilskot til bilateralt samarbeid, til samarbeidet i nærområda og anna internasjonalt samarbeid blir fastsett av departementet ut frå gjeldande avtaler og prinsipp. Tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane blir forvalta av Fordelingsutvalet etter kriterium fastsette i eiga forskrift. Søknader frå LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemma om tilskot til internasjonalt arbeid blir handsama av Bufdir.
Oppfølging og kontroll
Europarådets ungdomsdirektorat og Europarådets revisjonsstyre kontrollerer Det europeiske ungdomsfondet. Revisjonsretten i EU og EUs internrevisjon kontrollerer bruken av budsjettmidlar til dei programma Noreg tek del i. Departementet har eit ansvar for å etablere rutinar for sakshandsaming og kontroll av tildelinga av tilskot frå programmet Aktiv ungdom. Tilskotet til ungdomssamarbeid i Barentsregionen blir forvalta av Barentssekretariatet i Kirkenes. Tilskotet gitt av departementet blir følgt opp ved kontroll av rapport og rekneskap. Bufdir og Fordelingsutvalet har ansvaret for oppfølging av og kontroll med dei tilskota dei forvaltar til organisasjonane sitt internasjonale arbeid.
Budsjettforslag for 2011
Hovuddelen av løyvinga blir nytta til dei pliktene Noreg har gjennom internasjonale avtaler, spesielt EØS-avtala. Løyvinga skal dekkje kostnader til ungdomsprogrammet til EU, Aktiv ungdom, Sikrare Internett og Daphne III, som går fram til 31. desember 2013. Dessutan skal løyvinga dekkje dei pliktene Noreg har overfor Europarådet på det ungdomspolitiske området. Løyvinga skal òg dekkje kostnader knytte til gjennomføringa av bilaterale avtaler, samarbeidet i nærområda og kostnader til departementet sitt internasjonale engasjement på barne- og ungdomsområdet.
Det er føreslått ein reduksjon på 2 mill. kroner på posten for å finansiere interne omprioriteringar.
Det er føreslått å flytte 100 000 kroner til post 21 Spesielle driftsutgifter og 250 000 kroner til kap. 800, post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.
Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01 | 176 456 | 176 540 | 202 805 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 2 120 | 19 198 | 19 662 |
22 | Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar | 29 148 | 29 197 | 30 102 |
Sum kap. 858 | 207 724 | 224 935 | 252 569 |
Status for verksemda
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er etatsleiar for Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), som igjen omfattar fem regionar. Regionkontora har underliggjande utøvande einingar innanfor barnevern og familievern. Regionkontora handsamar òg søknader om førehandssamtykke om utanlandsadopsjon og søknader om innanlandsadopsjon. Direktoratet har ansvaret for fagleg, økonomisk og administrativ styring, koordinering og utvikling av Bufetat. Direktoratet handsamar klager på saker der regionane er første instans.
Hovudoppgåva til etaten er å gi barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte, tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet.
Ansvarsområda for etaten omfattar òg tiltak under desse budsjettkapitla:
kap. 840 Krisetiltak
kap. 841 Samliv og konfliktløysing
kap. 842 Familievern
kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot o.a.
kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne
kap. 852 Adopsjonsstønad
kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
kap. 857 Barne- og ungdomstiltak
kap. 859 EUs ungdomsprogram
Likestilling
Per 31. desember 2009 var det 5 340 tilsette i Bufetat. Av desse var 65 prosent kvinner.
Delen av kvinner som var tilsette i etaten, har blitt redusert med 2 prosentpoeng sidan 2008. Det var totalt 493 leiarstillingar i Bufetat per 31. desember 2009. Kvinner hadde 64 prosent av desse stillingane. Tilsette med stillingar som seksjonssjef, avdelingsleiar og leiar utgjer dei største leiargruppene i verksemda. Innanfor gruppa seksjonssjefar og avdelingsleiarar var kvinnedelen høg (høvesvis 70 og 74 prosent), noko som òg må sjåast i lys av delen kvinnelege tilsette i heile etaten. Dei kvinnelege tilsette hadde per 31. desember 2009 i gjennomsnitt eitt lønnstrinn høgare lønn enn mennene.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01
Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter i Bufdir, mellom anna knytte til opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester. Midlar skal òg brukast til administrasjon av Hva med oss? og til rettleiing og oppfølging av kommunane i samband med Godt samliv!.
Posten er føreslått redusert med 5,869 mill. kroner som følgje av redusert aktivitet i tiltaka Hva med oss? og Godt samliv!.
Det er føreslått ein auke på posten med 21,2 mill. kroner som følgje av overføring av oppgåver frå Helsedirektoratet. Midlane er knytte til ein sekretariatsfunksjon for Statens råd for funksjonshemma, Deltasenteret og sosial inkludering og er flytta frå kap. 720 Helsedirektoratet, post 01 Driftsutgifter.
Det er føreslått å flytte 4,25 mill. kroner til posten frå kap. 840 Krisetiltak, post 21 Spesielle driftsutgifter til arbeid mot kjønnslemlesting og tvangsgifte.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak og utbetalingar av godtgjeringar for medlemmene i Fordelingsutvalet.
Posten er føreslått redusert med 131 000 kroner.
Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar
Posten skal dekkje reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.
Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Diverse inntekter | 1 922 | 433 | 433 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 535 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 75 | ||
18 | Refusjon av sykepengar | 1 372 | ||
Sum kap. 3858 | 4 904 | 433 | 433 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Inntektene er knytte til eigendelar i samband med deltaking i Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år til år.
Kap. 859 EUs ungdomsprogram
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter, kan overførast | 8 715 | 6 962 | 7 274 |
Sum kap. 859 | 8 715 | 6 962 | 7 274 |
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Posten dekkjer lønn og utgifter til varer og tenester på det nasjonale kontoret som forvaltar programmet. Ein må sjå løyvinga i samanheng med kap. 3859 EUs ungdomsprogram, som omhandlar Europakommisjonen sitt bidrag til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Nettokostnaden på posten etter frådrag for inntektene under kap. 3859 er Noreg sin nasjonale del av drifta av det nasjonale kontoret for EU-programmet Aktiv ungdom. Posten kan òg nyttast til å dekkje kostnader knytte til evalueringa av programmet.
Kap. 3859 EUs ungdomsprogram
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Tilskot frå Europakommisjonen | 2 547 | 2 300 | 2 300 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 216 | ||
18 | Refusjon av sykepengar | 147 | ||
Sum kap. 3859 | 2 910 | 2 300 | 2 300 |
Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen
Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av EUs ungdomsprogram Aktiv ungdom. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet utarbeider ein årleg arbeidsplan for det nasjonale kontoret, og planen blir godkjend av BLD og Europakommisjonen.
Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken
Hovudinnhald og prioriteringar
Dei fleste forbrukarane i Noreg nyt godt av høg og aukande velstand og kjøpekraft. Vare- og tenestetilbodet blir stadig utvida og endra som følgje av teknologisk og økonomisk utvikling og kulturell endring. Samtidig kjem det til syne sosiale og økonomiske grenser for ein vidare forbruksvekst. Dette stiller nye krav til både forbrukarane og forbrukarpolitikken.
Materielt forbruk, og særleg forbruk av ressursar som ikkje kan fornyast, er ei belastning for naturgrunnlaget. Det økologiske systemet stiller nye krav til forbruket . Det er nødvendig med kollektive tiltak for å redusere eller endre forbruket. Samtidig er det nødvendig at den enkelte forbrukaren tenkjer igjennom og korrigerer forbruksvanane sine ut frå omsyn til miljøet. Det er derfor viktig med tilgjengeleg informasjon som legg tilrette for opplyste val.
Ny teknologi, særleg digital informasjonsteknologi, endrar kvardagslivet på mange område. Teknologien medverkar til stadig nye og betre tenester og til nye omsetningsformer som nett- og mobilhandel. Nyskaping og hyppige endringar fører til at forbrukarane heile tida må omstille seg og ta til seg ny kompetanse. Fleire sentrale tenester blir utførte elektronisk og på nett, inkludert samhandling med det offentlege. Dermed blir det nødvendig å meistre bruk av teknologien for å fungere godt i samfunnet. Det er viktig å hindre at det oppstår nye klasseskilje mellom dei som meistrar teknologien, og dei som ikkje gjer det. Handel og kommunikasjon over opne nett inneber også store utfordringar mellom anna når det gjeld personvern og informasjonstryggleik.
Økonomisk globalisering, i tydinga at nasjonale marknader blir opna, blir meir like og vevde saman gjennom auka internasjonal handel, endrar også situasjonen til forbrukarane. Produksjonsstaden er blitt mindre viktig fordi særpreg og forskjellar knytte til opphavslandet til produkta blir viska ut når alt blir standardisert og produksjonen skjer i regi av store multinasjonale selskap. På den andre sida engasjerer mange forbrukarar seg når det kjem fram opplysingar om uakseptable forhold ein stad i verdikjeda, til dømes miljøkriminalitet, barnearbeid, eller rovdrift på arbeidskraft. Behovet for informasjon om pris, kvalitet og standardane som leverandørane følgjer, gjeld både varer og tenester.
Kompleksiteten og informasjonsgrunnlaget som forbrukarane står overfor i eit moderne samfunn, gjer at risikoforhold knytte til varer eller tenester blir vanskelege å få oversikt over. I dei seinare åra har det til dømes blitt utvikla nye produkt innanfor marknadene for bank-, finans- og forsikringstenester som det ofte er vanskeleg for forbrukarane å forstå og velje imellom. Spørsmåla om til dømes mogleg helsefare knytt til stråling frå trådlause nett og mobiltelefonar, illustrerer også kompleksiteten og utryggleiken som mange forbrukarar opplever kring nye produkt.
Det ligg store utfordringar i å sikre forbrukarane gode rettar og god informasjon når dei skal gjere val som har store konsekvensar for privatøkonomien, til dømes i samband med kjøp og sal av bustader. Ofte oppstår det konfliktar som kunne vore unngått om informasjonsgrunnlaget hadde vore betre.
Undersøkingar viser at mange av dei som i dag får gjeldsordning, ikkje berre har økonomiske vanskar, men også helse- og sosiale problem. Mange klarer ikkje å gjennomføre gjeldsordninga, og ein relativt stor del av dei som klarer det, får raskt nye gjeldsproblem. Utfordringa framover blir å sørgje for at denne gruppa får tilstrekkeleg støtte og oppfølging. Det er også nødvendig å sjå på tiltak for å førebyggje gjeldsproblem.
Universell utforming handlar om planlegging og utforming av produkt og omgivnader for å oppnå eit inkluderande samfunn med full deltaking og likestilling for alle. Dette inneber at produkt og tenester skal vere utforma slik at flest mogleg kan nytte dei utan spesialløysingar. Forbrukarinformasjon må til dømes leggjast til rette for blinde og svaksynte og menneske med nedsett kognitiv funksjon. Det er også viktig at informasjon om plikter og rettar for forbrukarar blir gjort tilgjengeleg for grupper som ikkje meistrar norsk.
Samanlikna med mange andre land, har Noreg sterke forbrukarrettar. Ein må likevel arbeide vidare både nasjonalt og internasjonalt med å tryggje dei rettane som er etablerte, og med å utvikle dei i tråd med nye behov.
Forbrukarpolitikken skal gi forbrukarane ei sterk stilling i samfunnet, og medverke til eit meir etisk og miljøforsvarleg forbruk. Forbrukarorganisasjonane har ei viktig rolle i dette arbeidet ved å uttrykkje brukarane sine interesser overfor både næringsliv og offentlege verksemder, og ved å bidra til at det blir teke omsyn til forbrukarane i samband med offentlege vedtak.
BLD har hovudansvaret for å fremme forbrukarpolitikken til regjeringa. Departementet forvaltar viktige forbrukarlover, og har ansvar for fleire sjølvstendige institusjonar som tek hand om rettane og interessene til forbrukarane. Forbrukarpolitikken er elles prega av at ansvaret for viktige tiltak og regelverk er fordelt på mange departement og tilsynsorgan som ofte må samarbeide for å ta hand om omsynet til forbrukarane.
Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken inneheld løyvingar til Forbrukarrådet, Forbrukarombodet, Statens institutt for forbruksforsking, Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet, Stiftelsen Miljømerking, og forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid. Budsjettforslaget på programkategorien inneber ei styrking på om lag 2,9 prosent samanlikna med vedteke budsjett for 2010.
Forbrukarrådet er den største og mest vidfamnande reiskapen for å oppfylle måla for forbrukarpolitikken. Formålet for Forbrukarrådet er å arbeide for auka forbrukarinnverknad i samfunnet, bidra til ei forbrukarvennleg utvikling, og fremme tiltak som kan betre stillinga til forbrukarane.
Forbrukarombodet har som hovudoppgåve å føre tilsyn med at marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande er i samsvar med marknadsføringslova.
Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har som formål å drive forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til forbrukarane. Instituttet medverkar med forskingsbasert kunnskap til styresmakter, politikarar, næringsliv, organisasjonar og forbrukarar.
Forbrukartvistutvalet (FTU) avgjer mellom anna klagesaker i samband med forbrukarkjøp og handverkartenester, når handsaminga til Forbrukarrådet ikkje fører fram.
Marknadsrådet (MR) avgjer saker etter marknadsføringslova, når forhandlingar mellom Forbrukarombodet og næringsdrivande ikkje fører fram.
Stiftelsen Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svanen, den fellesnordiske ordninga for positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er i tillegg ansvarleg organ i Noreg for Blomen, miljømerkeordninga til EU.
Mål
For 2011 blir desse måla prioriterte:
Hovudmål | Delmål |
---|---|
7. Ei sterk stilling for forbrukarane | 7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane |
7.2: God og effektiv sakshandsaming av tvistar på forbrukarområdet | |
7.3: Informerte og opplyste forbrukarar | |
7.4: Godt kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken | |
8. Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk | 8.1: Medvit og informasjon om etiske og miljømessige konsekvensar av forbruksval |
Resultatrapport og strategiar
Delmål 7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009) under kap. 860 Forbrukarrådet, kap.865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid og kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking.
Forbrukarrådet evaluerte fleire spareprodukt i 2009, deriblant strukturerte spareprodukt, eigedomsinvesteringar og individuell pensjonssparing (IPS). Evalueringane danna grunnlag for dialog med utvalde finansinstitusjonar som tilbyr slike produkt.
Bankklagenemnda uttalte seg i 2009 i favør av ein kunde som hadde kjøpt eit lånefinansiert spareprodukt hos DnB NOR, men tapt pengar. Bankklagenemnda meinte den venta avkastinga av produktet var for låg i forhold til kostnadene, og at kunden burde bli stilt som om investeringa ikkje var gjort. Banken ønskte ikkje å følgje uttalen til nemnda. Forbrukarrådet valde derfor å støtte kunden i ein rettsleg prosess for å få slått fast at det er uakseptabelt av finansleverandørar å tilby produkt som dei veit eller burde vite ikkje er til gunst for kundane. Tingretten gav i juni 2010 kunden medhald, men banken har varsla at saka vil bli brakt vidare i rettssystemet.
Forbrukarrådet undersøkte korleis det nye regelverket for sal av investeringstenester frå bankar og verdipapirføretak (MiFID-reglane) verkar. Undersøkinga viste at det i over halvparten av dei undersøkte finansielle rådgivingssamtalane blei gjort brot på reglane for korleis spareprodukt skal seljast. Undersøkinga såg nærmare på opplæringa som bransjen har av seljarane. Forbrukarrådet har medverka til at det no er etablert ei autorisasjonsordning for finansielle rådgivarar. Ordninga blir driven av ein eigen organisasjon etablert av bransjen sjølv. Målet er å styrkje kvaliteten på den finansielle rådgivinga overfor kundane.
Forbrukarrådet arrangerte fleire tema- og rundbordskonferansar om seljar- og rådgivarrolla innanfor bank- og finansnæringa. Gjennom fleire utspel i media tok Forbrukarrådet også opp tvilsamt sal av spareprodukt. Målet var å skape større aktsemd blant forbrukarar mot denne typen produkt.
Forbrukarrådet fremma i media alternative perspektiv på fleire typar finansielle produkt som blir marknadsførte som veldig fordelaktige eller uunnverlege. Forsikringar mot ID-tjuveri og barneforsikringar er døme på slike produkt som Forbrukarrådet stilte spørsmål ved.
Finansportalen (finansportalen.no) stod sentralt i arbeidet med å få presentert forsikringsvilkår på ein meir forståeleg og samanliknbar måte for forbrukarane. I 2009 blei det mellom anna utvikla normvilkår for skadeforsikringar.
Forsikringsbransjen etablerte i 2009 ei godkjenningsordning for forsikringsseljarar. Forbrukarrådet var ein av pådrivarane for ordninga, som venteleg vil føre til meir balanserte salsprosessar der det blir lagt større vekt på etikk og på forsikringsbehova til kundane. Forbrukarrådet og bransjen stiller felles krav til undervisningsopplegget. Per 1. august 2010 var 142 bedrifter tilslutta ordninga med bransjegodkjenning.
Forbrukarrådet heldt fram med å påverke styresmakter nasjonalt og på EU-nivå for å få etablert lovvern av forbrukarrettar som er formålstenlege og balanserte på marknaden for digitale varer og tenester. Gjennom eit prosjekt om personvern, nettnøytralitet og tryggleikskopiering sette Forbrukarrådet i tillegg søkjelyset på det manglande vernet rådet meiner kundane har i samband med kjøp av digitale ytingar.
Ei vurdering av personvernet i nye sosiale medium resulterte i at Forbrukarrådet våren 2010 klaga inn mellom andre Facebook til Datatilsynet for ikkje å ta nok omsyn til personvernet.
Forbrukarrådet førte vidare kontakta si med Konkurransetilsynet og Kredittilsynet (no Finanstilsynet) for å sikre at det blir lagt større vekt på forbrukaromsyn i handsaminga av tilsynssaker.
Forbrukarrådet fremma fleire forslag i samband med prosessen som er i gang om gjennomføring av EU-forordninga om passasjerrettar på jernbane og forordninga om passasjerrettar i vegtransportsektoren. Forbrukarrådet tok mellom anna til orde for at reglane frå forordningane bør bli tekne inn i ei eiga forbrukarlov om passasjerrettar. Prosessane om EU-forordningane blei ikkje avslutta i 2009, og Forbrukarrådet har derfor arbeidd vidare med dette inn i 2010. Forbrukarrådet gav innspel til ein pendlargaranti som skal gi kompensasjon for gjentekne avvik i rutetilbodet.
Forbrukarrådet sluttførte eit arbeid for å sikre forbrukarrettane i samband med at det skal innførast justerplikt og eit nytt takstsystem (parallelltakst) for drosjer.
Forbrukarrådet arbeidde vidare med å få etablert betre klageordningar for reisande med kollektive transportmiddel.
Forbrukarrådet la stor vekt på omsynet til universell utforming i samband med endringar av Forbrukarportalen og Finansportalen.
Forbrukarrådet gjorde ei undersøking av informasjonen som blir gitt ved kjøp av mobiltelefon og mobiltelefonabonnement i butikk. Undersøkinga såg også på lønnsemda ved å kjøpe mobiltelefon med og utan binding til eit abonnement. Undersøkinga viste at det oftast lønner seg å kjøpe abonnement på Internett.
Ei ny marknadsføringslov blei vedteken i 2008 og sett i kraft 1. juni 2009. Ei ny forskrift om sakshandsaminga til Forbrukarombodet og Marknadsrådet blei vedteken 5. juni 2009. Forskrifta er ei oppdatering og forenkling av tidlegare forskrifter etter den gamle marknadsføringslova. BLD og Forbrukarombodet samarbeidde gjennom 2009 om å arrangere seminar for næringslivet og andre interesserte om den nye lova.
Eit forslag om ei ny lov om varer av edelt metall blei fremma for Stortinget i Prop. 98 L (2009–2010) og vedteke i vårsesjonen 2010. Ordninga med ein eigen edelmetallkontroll fell bort, og tilsynet med varer av edle metall vil i staden frå årsskiftet 2010–11 bli gjort av Justervesenet. Det gjeldande regelverket for merking av varer av edle metall blir ført vidare, med nokre endringar. Den største endringa er at minstekrava til finleik blir reduserte samanlikna med det som gjeld for norskproduserte varer i dag. For gullvarer er finleik den delen reint gull som blir stempla på vara.
På oppdrag frå BLD såg Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) nærmare på korleis det går med dei som har vore gjennom ei gjeldsordning. Rapporten viste at situasjonen jamt over har blitt betre på mange viktige punkt, men at mange år med gjeldsproblem har sett klare spor hos skuldnarane.
BLD fekk i 2008 greidd ut om eit såkalla gjeldsregister vil vere eit godt tiltak for å motverke gjeldsproblem i norske hushald. Høyringa av utgreiingsrapporten stadfeste at det er ulike syn på dette. BLD har førebels ikkje konkludert i saka.
EU-kommisjonen la i 2008 fram forslag til eit nytt direktiv om forbrukarrettar. Direktivforslaget reviderer og erstattar dei gjeldande direktiva om fjernsal, sal utanfor fast utsalsstad, forbrukarkjøp og urimelege avtalevilkår, som alle er gjennomførte i norsk rett. Forslaget baserer seg på totalharmonisering, slik at medlemslanda ikkje kan ha reglar som avvik frå direktivet innanfor dei områda dette gjeld for. Justis- og politidepartementet og BLD samarbeider om oppfølginga av forslaget.
Utgangspunktet for dei norske synspunkta er at forbrukarrettane samla sett ikkje skal svekkjast. Noreg har gitt uttrykk for skepsis mot totalharmonisering og samtidig føreslått forbetringar av reglane.
I 2009 blei det arbeidd aktivt for å påverke prosessen i ulike EU-organ. Mellom anna blei det utarbeidd ei felles EFTA/EØS-fråsegn i mars 2009.
For å få til gode og balanserte standardar er det viktig med forbrukarinnverknad i standardiseringsarbeid. Samarbeidet mellom Forbrukarrådet, Standard Norge og departementet om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge blei ført vidare i 2009.
Takstlovutvalet leverte sin rapport med forslag til nye reglar om kjøp og sal av bustader til BLD i 2009 (NOU 2009:6 Tilstandsrapport ved boligsalg). Målet var å skape større tryggleik og betre informasjon ved kjøp og sal av bustader. I utgreiinga blir det mellom anna tilrådd reglar som skal auke bruken av tilstandsrapportar om den tekniske tilstanden på brukte bustader som blir lagde ut på sal til forbrukarar. Forutan informasjon om den tekniske tilstanden, blei det føreslått at tilstandsrapportane skal innehalde opplysningar om energiutnyttinga og førekomsten av radonproblem. Utgreiinga blei sendt på høyring med høyringsfrist 1. november 2009. Saka ligg no til vurdering i Justis- og politidepartementet som har ansvar for avhendingslova.
Forbrukarrådet deltok i ei arbeidsgruppe under Standard Norge som ser på høvet til å få etablert ein Norsk Standard (NS) for tilstandsanalyse av bustader som blir omsette i forbrukaravtaleforhold. Vidare arbeidde Forbrukarrådet med spørsmålet om å etablere ei autorisasjonsordning for bygningssakkyndige gjennom Standard Norge og ei arbeidsgruppe i regi av Riktig utførte bygg (RUB).
Forbrukarrådet medverka i arbeidet til regjeringa med å fremme fleire forslag om endringar i lov- og regelverket for burettslag. Forslaga vil medverke til å gjere det økonomisk tryggare å bu i burettslag og gjenreise tilliten til burettslagsforma.
Strategiar og tiltak for 2011
Samanlikna med mange andre land, har Noreg sterke forbrukarrettar. Ein må likevel arbeide vidare både nasjonalt og internasjonalt med å trygge dei rettane som er etablerte, og å utvikle dei i tråd med nye behov.
Eit viktig arbeid har vore å påverke forslaget EU-kommisjonen kom med i 2008 om eit nytt direktiv om forbrukarrettar (jf. nærmare omtale under Resultatrapport 2009/10). Forslaget til direktiv blir no handsama parallelt i Rådet for Den europeiske union (Rådet) og Europaparlamentet. Kommisjonen har gitt uttrykk for at det ikkje lenger er realistisk med totalharmonisering av heile direktivet, og at det er meir aktuelt med harmonisering av utvalde reglar. Ulike løysingar blir no vurderte av dei ulike EU-organa, og innhaldet i eit endeleg direktiv er framleis usikkert. Det er ikkje klart når direktivet blir vedteke, men handsaminga vil truleg halde fram utover i 2011. BLD vil arbeide for at det endelege direktivet blir mest mogleg i samsvar med norske forbrukarinteresser.
Ferieprodukt har i dei seinare åra vore inne i ei stor utvikling. Direktiv 2008/122/EF av 14. januar 2009 om deltidsbruksrett, langtidsferieprodukt, vidaresal og byte erstattar det gjeldande timesharedirektivet frå 1994. Med timeshare, eller tidspart, meiner ein rett til bruk av til dømes ein feriebustad i ein avgrensa periode av året.
Useriøse næringsdrivande har halde fram med dei marknadsføringsmetodane som ein ønskte å stoppe med det gamle direktivet. Nye produkt som liknar på timeshare, har kome til. Desse produkta, til dømes ferieklubbar, fell ofte utanom verkeområdet til det gamle timesharedirektivet. Det nye direktivet vil tette fleire av hola som ein har sett i regelverket, og forbrukarvernet vil bli styrkt.
Fristen for EU-landa til å gjennomføre direktivet er 23. februar 2011. Det er enno ikkje klart kva for frist Noreg vil få.
Det er også venta at Europakommisjonen vil kome med forslag om eit nytt og oppdatert direktiv om pakkereiser våren 2011. Eit slikt forslag vil få konsekvensar for den norske pakkereiselova.
Gjeldsproblema blant private hushald er aukande. Stadig fleire slit med å betale forbruksgjeld. Talet på misleghaldne lån viser ein stigande tendens. Eit av dei viktigaste tiltaka for å avhjelpe gjeldsproblema i private hushald er gjeldsordningslova. Saksmengda etter gjeldsordningslova viser også ein stigande tendens. Forsking, mellom anna frå SIFO, viser at det kan vere vanskeleg for ein del svake grupper både å kome inn under lova og å gjennomføre ei gjeldsordning.
Med heimel i marknadsføringslova som tok til å gjelde 1. juni 2009, finst det fleire forskrifter som gir tenesteytarar i ulike bransjar påbod å opplyse om prisane på produkta og tenestene sine på ein bestemt måte. I tillegg til særskilde forskrifter om serveringsstader, elektrisk kraft og tannlegetenester finst det generelle forskrifter om varer og tenester. Formålet med forskriftene er mellom anna å gjere det enklare for forbrukarane å samanlikne prisar. Da den nye marknadsføringslova blei sett i verk, blei det lagt til grunn at ein seinare skulle sjå gjennom forskriftene med tanke på å oppdatere dei og styrkje rettane til forbrukarane. Målet er at nye, reviderte forskrifter kan tre i kraft i 2011.
I samband med den nye marknadsføringslova blei det i 2009 innført nye og strengare reglar om telefonsal. Målet med dei nye reglane er mellom anna å gjere reservasjonsordninga mot telefonsal meir effektiv. På oppdrag frå BLD skal SIFO i 2010 gå i gang med å evaluere korleis reglane om telefonsal verkar. Evalueringa skal skje i fleire omgangar og vere endeleg avslutta i 2014.
Arbeidet med å utforme nasjonale og internasjonale standardar er ope for alle interessentar som ønskjer å delta. Representantar for næringslivet er ofte sterkt involverte. Det er derfor viktig å leggje til rette for at forbrukarinteressene også kan få innverknad på arbeidet, slik at ein får gode og balanserte standardar.
Forbrukarsekretariatet i Standard Norge er oppretta for å fremme forbrukaromsyn og stimulere til forbrukardeltaking i standardiseringa. Sekretariatet, som er eit samarbeid mellom BLD, Forbrukarrådet og Standard Norge, vil bli ført vidare i 2011. Sentrale oppgåver for sekretariatet er å koordinere og formidle forbrukarinformasjon som er viktig i standardiseringa. Sekretariatet har vidare ei viktig rolle når det gjeld opplæring av og rettleiing for deltakarar i standardiseringsverksemd.
Delmål 7.2: God og effektiv sakshandsaming av tvistar på forbrukarområdet
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St. prp. nr. 1 (2008–2009) under kap. 860 Forbrukarrådet, kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid og kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet.
I november 2009 sette regjeringa ned eit utval som skal greie ut det utanrettslege tvisteløysingstilbodet for forbrukarsaker. Utvalet er sett saman av representantar frå mellom andre Forbrukarombodet, Forbrukarrådet, Næringslivets hovedorganisasjon, Finansnæringens fellesorganisasjon, Forbrukartvistutvalet og Forsikringsklagekontoret. Mandatet har som utgangspunkt at den noverande tvisteløysingsmodellen, som kombinerer eit offentleg tilbod gjennom Forbrukartvistutvalet og bransjevise nemnder, skal førast vidare. Etter mandatet skal utvalet greie ut kva for saker som bør omfattast av det utanrettslege systemet, og korleis handsaminga bør leggjast opp for å bli mest mogleg heilskapeleg og effektiv både i Forbrukartvistutvalet og i nemndene. Utvalet skal leggje fram rapporten sin innan 31. desember 2010.
Forbrukarrådet arbeidde i 2009 for å oppnå ei meir effektiv tvisteløysing i saker som var like for fleire forbrukarar (småkravsprosess og gruppesøksmål). Rådet førte også prinsipielle forbrukarsaker i rettsapparatet. I nokre saker blei det inngått forlik.
Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet tok imot 1216 saker til handsaming i FTU i 2009, mot 1029 saker i 2008. Sakene hadde i snitt ei handsamingstid på 129 dagar, mot 154 dagar i 2008. Målet om ei gjennomsnittleg handsamingstid på under seks månader blei dermed nådd. Reduksjonen i sakshandsamingstida heng mellom anna saman med at det i dei seinare åra har vore arbeidd mykje med å betre dei interne sakshandsamingsrutinane i sekretariatet.
Det kom i 2009 inn 18 saker til Marknadsrådet, mot 12 i 2008. Fire av sakene som kom inn, var såkalla orienteringssaker frå Forbrukarombodet. Marknadsrådet gjorde vedtak i 13 saker. Den gjennomsnittlege handsamingstida var på to og ein halv månad, og målet om ei gjennomsnittleg handsamingstid på under tre og ein halv månad blei dermed nådd.
Det kom ikkje inn saker til Marknadsrådet frå Helsedirektoratet om alkohol- og tobakksreklame.
For å gjere det enklare å klage på kjøp i eit anna EU- eller EØS-land, har Europakommisjonen i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar etablert eit nettverk av forbrukarkontor i dei fleste europeiske landa. Nettverket blir kalla European Consumer Centre Network (ECC Net). Kontoret i Noreg heiter Forbrukar Europa, og er lokalisert saman med Forbrukarrådet. Forbrukar Europa kan vere til hjelp ved alle tvistar knytte til kjøp av varer og tenester frå næringsdrivande i utlandet. Kontoret kan berre yte hjelp i saker som gjeld handel over landegrensene i EØS-området.
Forbrukar Europa registrerte 1507 førespurnader i 2009. Av desse kom 1155 frå forbrukarar som hadde behov for juridisk bistand. Resten (352) kom frå forbrukarar som ønskte informasjon, som regel i forkant av kjøp. 80 prosent av førespurnadene kom frå norske forbrukarar. Sidan oppstarten i 2007 har talet på førespurnader til Forbrukar Europa auka med rundt 9 prosent kvart år.
Strategiar og tiltak for 2011
Det er eit viktig forbrukarpolitisk mål at forbrukarane har tilgang til rimeleg og effektiv tvisteløysing. Samtidig skal handsaminga sørgje for gode konkurranseforhold mellom dei næringsdrivande. Tilbodet for utanrettsleg handsaming består hovudsakleg av Forbrukartvistutvalet (FTU) og frivillige nemnder oppretta gjennom avtale mellom Forbrukarrådet og dei enkelte bransjane.
Eit viktig mål for FTU er at tilbodet om ei kostnadsfri og forenkla tvisteløysing er allment kjent, at sakshandsaminga er rask og god, og at sentrale prinsipp om rettstryggleik blir sikra. Sakene skal ha ei gjennomsnittleg handsamingstid på under seks månader. Ein grunnleggjande føresetnad for funksjonen til FTU som konfliktløysar og førebyggjande organ er at utvalet har tillit, og at organet blir oppfatta som uavhengig og nøytralt. Avgjerdene må ha god kvalitet, noko som mellom anna inneber at dei er forståelege og godt grunngitte.
I saker for Marknadsrådet som gjeld klage på marknadsføring etter marknadsføringslova, er målet å oppnå ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på under tre og ein halv månad, rekna frå sakene kjem inn til sekretariatet, til vedtaka blir sende ut til partane. For saker som gjeld alkohol- og tobakksreklame, er det ikkje fastsett noko mål for sakshandsamingstida. Sakene om alkoholreklame som har vore oppe for Marknadsrådet til no, har vore store og med omfattande innlegg frå begge sider. Ein må derfor rekne med noko lengre sakshandsamingstid for desse. Som avgjerdene til FTU må også avgjerdene til Marknadsrådet ha god kvalitet, vere forståelege og godt grunngitte. Det er viktig at sakene får ei rask avgjerd med eit eventuelt forbodsvedtak og tvangsgebyr, slik at Forbrukarombodet og Sosial- og helsedirektoratet kan nytte vedtaka i sine tilsyn for effektivt å kunne stanse ulovleg marknadsføring.
Rapporten frå utvalet om det utanrettslege tvisteløysingssystemet vil bli sendt på høyring. BLD vil vurdere eventuelle tiltak etter at høyringa er gjennomført.
Delmål 7.3: Informerte og opplyste forbrukarar
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St. prp. nr. 1 (2008–2009) under kap. 860 Forbrukarrådet og kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid.
Forbrukarrådet hadde omfattande kontakt med forbrukarane gjennom om lag 85 000 telefonsamtalar, 23 000 e-postar og 3 millionar unike brukarar av Forbrukarportalen (forbrukerportalen.no). Mange forbrukarar nytta den nettbaserte klagerettleiinga som finst på Forbrukarportalen.
I 2009 svarte 80 prosent av dei spurte at dei var godt nøgde med telefonsvartenesta til Forbrukarrådet. E-posttenesta blei også undersøkt, og her svarte 64 prosent at dei var nøgde. Berre 15 prosent svarte at dei var misnøgde.
Det har i dei seinare åra ikkje vore større endringar i kva forbrukarane vender seg til Forbrukarrådet om. Framleis er kjøp av bil, husleige og datamaskinar dei tre områda Forbrukarrådet får flest spørsmål om.
BLD finansierte i 2009 drift og vidare utvikling av Finansportalen (finansportalen.no). Portalen skal gi informasjon til forbrukarane om tilbodet av finansielle tenester. Dagleg oppdatert prisinformasjon gjer det enklare for forbrukarane å orientere seg i marknadene for sparing, lån og forsikring.
Finansportalen lanserte i 2009 både eit Bytt bank-verktøy, normvilkår for skadeforsikringar, og ei løysing for samanlikning av prisar på kredittkort og forbrukslån. I tillegg blei det gjort ferdig ein foreløpig kravspesifikasjon for ein priskalkulatorar på skadeforsikring (bil-, villa-, innbu- og reiseforsikringar). Priskalkulatoren skal etter planen lanserast tidleg i 2011.
I arbeidet med å vidareutvikle Finansportalen er det lagt vekt på finne fram til løysingar som skal lette bruken av portalen for blinde og svaksynte.
Finansportalen hadde i 2009 i overkant av 693 000 besøk. Dette var ein auke på 8,6 prosent frå 2008. Det var gjennom året relativt store svingingar i trafikken. Statistikk viser at per 31. desember 2009 hadde til saman 7 878 forbrukarar sendt e-post gjennom Bytt bank-verktøyet. Av desse hadde 2955 gitt banken sin ein ny sjanse, 3650 hadde bedt om tilbod frå ein ny bank, og 1273 hadde bedt om å få byte bank.
Forbrukarrådet gjennomførte fleire testar av servicenivået i kommunane. Det kom fram at mange kommunar ikkje oppfyller pliktene dei har til å gi rettleiing og informasjon til innbyggjarane.
Forbrukarrådet har etablert kontakt med Kunnskapssenteret for helsesektoren og Nasjonal eining for pasienttryggleik for å lette arbeidet med å få på plass ein meir open helsesektor med gode kvalitetsindikatorar.
BLD samarbeidde med Forbrukarrådet om å gjere informasjonsbrosjyrar om grunnleggjande forbrukarrettar tilgjengelege på fleire språk. Det blei utvikla informasjon på engelsk, somali, urdu og arabisk om kjøp av mobiltelefon, bruktbil, husleige, inkasso og privatøkonomi. Det blei også etablert eit samarbeidsnettverk mellom Vox – nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, Integrerings- og mangfalddirektoratet, Oslo voksenopplæringssenter og Kontaktutvalget mellom innvandrarar og myndigheitene (KIM) som skal fremme betre forståing av forbrukarrolla og marknadsmekanismane hos forbrukarar med etnisk minoritetsbakgrunn.
BLD fekk i 2009 gjennomført eit prosjekt som kartlegg kva som finst av spesifikasjonar, retningslinjer og standardar for universell utforming på ulike tenesteområde, med sikte på vidare standardiseringsarbeid for varer og tenester. Dette er eit av tiltaka i handlingsplanen til regjeringa for universell utforming og auka tilgjenge 2009–2013.
Saman med dei andre nordiske landa og Estland sluttførte Noreg arbeidet med å lage eit nytt måldokument om innhaldet i forbrukarundervisinga i skolen. Arbeidet var ei vidareføring av den nye rekommandasjonen frå OECD om forbrukarundervisning for perioden 2009–2012. Noreg har teke del i utforminga av tilrådinga, som særleg peikar på bindingane mellom forbruk og miljø og på krava som barn og unge møter i det nye medie- og teknologisamfunnet.
Frå 2007 til 2009 leidde Høgskolen i Hedmark EU-prosjektet Consumer Citizenship Network (CCN) under Sokrates-programmet i EU. Representantar for 138 fagmiljø og organisasjonar i 33 land var med. Prosjektet blei gjennomført med økonomisk bidrag frå Kunnskapsdepartementet og BLD.
Arbeidet med å styrkje forbrukarundervisninga i skolen blei vidareført gjennom eigne fagdagar for lærarstudentar og ved at det blei lagt til rette for undervisningsstoff på Skolenettet og i Skolemagasinet. Samarbeidet med VOX om digital kompetanse og formidling av undervisningsstoffet blei også vidareført.
Strategiar og tiltak for 2011
Informasjon er eit av dei mest sentrale verkemidla i forbrukarpolitikken. At forbrukarane har god og tilstrekkelig informasjon om tilbodet og kunnskap om gjeldane rettar og plikter, er ein føresetnad for at konkurransen i marknaden skal verke tilfredsstillande. Informasjon fremmar forbrukarmakt og gjer det mogleg for forbrukarane å ta velinformerte og medvitne val. Det offentlege forbrukarapparatet har ei viktig informasjonsoppgåve overfor forbrukarane.
Tenestene til Forbrukarrådet er det viktigaste bidraget i den offentlege forbrukarinformasjonen. Forbrukarrådet treff forbrukarane kvar dag gjennom ulike kanalar: Forbrukarportalen (forbrukerportalen.no), Finansportalen (finansportalen.no), Forbrukar Europa (forbrukereuropa.no), Forbrukartelefonen, e-post, klagenemnder, skriftleg kontakt og besøk på regionkontora. Kontakten med forbrukarane er stabil og omfattande, og det er venta kontakt med omkring 120 000 personar på telefon og e-post og 3 millionar unike brukarar av Forbrukarportalen i 2011. Forbrukarrådet har som mål å gi hjelp til sjølvhjelp for flest mogleg forbrukarar gjennom kompetent, effektiv og tilgjengeleg service. Forbrukarportalen er sentral i servicearbeidet. For at forbrukarane skal kunne ta aktive og informerte val, vil Forbrukarrådet halde fram med å produsere og publisere informasjon og tenestetestar på denne portalen.
Økonomien til forbrukarane er eit sentralt område. Finansportalen skal presentere nøkkelinformasjon om finansielle produkt på ein enkel og oversiktleg måte. Dagleg oppdatert prisinformasjon gjer det enklare for forbrukarane å orientere seg i marknadene for banktenester, sparing, lån og forsikring. Ved å gjere det lettare å samanlikne finansielle tenester vil portalen også bidra til å stimulere konkurransen i personkundemarknadene.
Tidlig i 2011 skal det på Finansportalen lanserast ei løysing der kundane kan samanlikne vilkåra for og prisane på ei rekkje forsikringstenester. Løysinga er utforma i samarbeid med forsikringsbransjen og er basert på at forsikringsselskapa frivillig registrerer sine data. Nettsida vil også omfatte ei eiga oversikt over prisar og ulike pengeoverføringstenester til utlandet. Løysinga (Sende pengar heim), som blir lansert hausten 2010, vil vere til nytte mellom anna for innvandrarar som sender pengar til heimlandet. Private pengeoverføringar frå innvandrarar til mottakarar i deira tidlegare heimland er på verdsbasis fleire gonger større enn all internasjonal bistand til saman. Kostnadene ved denne typen overføringar er også monalege. Målet med nettsida er at marknaden for denne typen tenester skal bli meir gjennomsiktig, og at transaksjonane dermed skal bli billegare, tryggare – og i større grad skal skje i lovlege former.
Også Forbrukarombodet og SIFO legg stor vekt på å bruke informasjon som verkemiddel. Forbrukarombodet rettar informasjonen både til forbrukarar og næringsdrivande for å førebyggje ulovleg marknadsføring og bruk av urimelege kontraktar. Informasjon om den digitale marknadsplassen, mellom anna om personvern, korleis ein kan unngå nettsvindel, og vilkåra for mobile innhaldstenester, er område som er aktuelle for ombodet framover. SIFO skal halde fram med å medverke aktivt i samfunnsdebatten, med nyhende frå forbruksforskinga, og med kunnskap om stillinga til forbrukarane og maktforholda i marknaden.
Departementet legg til rette for undervisning i forbrukaremne i skolen. Elevane skal rustast til å meistre forbrukarrolla og gjerast i stand til å opptre som bevisste og sjølvstendige forbrukarar. Det er viktig å stimulere til sunne og kritiske haldningar til reklame og annan informasjon, gjere barn og unge medvitne om samanhengane mellom forbruk og miljø, og gjere dei dyktige på den digitale arenaen. Departementet har teke initiativ til ei evaluering av forbrukarkunnskapane til elevane når dei begynner på vidaregåande skole. Evalueringa skal vere ferdig i første halvår av 2011. Venteleg vil evalueringa gi eit godt grunnlag for å vurdere kva for forbrukaremne som bør styrkjast vidare.
Delmål 7.4: Godt kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St. prp. nr. 1 (2008–2009) under kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking.
Innanfor fagområdet vitskapleg kunnskap om samanhengen mellom teknologi, produkt, forbrukskultur og miljø blei det sett i gang seks nye prosjekt med ekstern finansiering til SIFO. Det blei publisert fire tidsskriftsartiklar og åtte bokartiklar. Forskingsresultata frå fagområdet blei formidla gjennom om lag tretti registrerte føredrag.
To store nye prosjekt om tekstilar blei starta opp med finansiering frå Noregs forskingsråd (NFR). Eit prosjekt om forbruk av klede, mat og velvere i Noreg og Sverige blei i 2009 vidareført gjennom eit samarbeid med russiske forskarar. Vidare studerte SIFO funksjonelle, tryggleiksmessige og miljømessige eigenskapar ved produkt. SIFO koordinerte også to EU-prosjekt innanfor det sjuande rammeprogrammet for forsking (BARENERGI og NANOPLAT).
Innanfor fagområdet vitskapleg kunnskap om økonomien, kompetansen og åtferda til forbrukarane blei det sett i gang fire nye prosjekt med ekstern finansiering. Det blei publisert fire tidsskriftsartiklar og sju bokartiklar. Forskingsresultata frå fagområdet blei formidla både via føredrag og pressa.
Den årlege SIFO-surveyen skal auke innsikta i korleis forbrukarane orienterer seg og gjer val. I 2009 svarte respondentane mellom anna på spørsmål om økonomi, reklame og miljø. Det kom mellom anna fram at personar over seksti år er dei som har det minst aktive forholdet til sin eigen bankøkonomi, og som i minst grad byter bank.
SIFO arbeidde vidare med å utvikle kvaliteten på og nytteverdien av standardbudsjettet for forbruksutgifter. Standardbudsjettet er ikkje eit minimumsbudsjett, og det blei derfor også arbeidd med å utvikle moglege minstestandardar for forbruksutgifter.
To prosjekt om gjeldsrådgiving, finansierte av NAV, blei starta opp. Internasjonalt følgde instituttet opp samarbeid med The European Credit Research Institute (ECRI), Handelshøjskolen i København og miljø i Storbritannia om gjeldsproblematikk.
SIFO forska elles på spørsmål knytt til utvikling og forbruk av breibandsbaserte produkt og tenester, på stillinga til forbrukarane i samband med elektronisk handel og på barn som brukarar av digitale medium, medrekna spel. Eit arbeid for å stille saman kunnskapane instituttet allereie har om kjønn og forbruk, blei starta opp.
Innanfor fagområdet Forbrukarmarknader og politikk blei det sett i gang tre nye prosjekt med ekstern finansiering. Det blei publisert seks tidsskriftsartiklar og seks artiklar i bøker. Forskingsresultata blei formidla gjennom nærmare førti registrerte føredrag og gjennom media.
I 2009 studerte SIFO mellom anna ulike forhold knytt til mobiltelefonmarknaden og marknaden for brune- og kvitevarer. Instituttet deltok i fleire EU-prosjekt, mellom anna Animal Welfare, som ser nærmare på korleis ein kan kome fram til merkeordningar på EU-nivå som kan medverke til å gjere forbrukarane meir medvitne om dyrevelferd. SIFO deltok også i fleire prosjekt om kvalitetsmerking av mat og i studiar om forholdet mellom mat og helse.
Av totalt 45 tilsette forskarar ved SIFO i 2009 hadde 15 doktorgrad. Seks av forskarane hadde forskar I-kompetanse. Elleve doktorgradsprosjekt var under arbeid i 2009. Fem av desse blei etablerte i 2009. Ein doktorgrad blei fullført.
Prosjekt finansierte av Forskingsrådet, utgjorde 20 prosent av totalbudsjettet, eller 50 prosent om ein ser bort frå basisløyvinga frå departementet. Dette er klart høgare enn i 2008. Den delen av prosjekta som var finansiert frå forskingsprogrammet til EU, var på vel 5 prosent, eller 14 prosent om ein ser bort frå basisløyvinga. Dette er om lag det same som i 2008.
Formidlinga frå SIFO av forskingsresultat gjennom føredrag, populærvitskapelige artiklar, kronikkar og medieomtale var omfattande. Instituttet både deltok i og var arrangør av konferansar og seminar om ulike forbrukartema. Syttiårsjubileet til SIFO blei brukt til å profilere og diskutere forbruksforskinga.
Instituttet hadde 15 publiseringar i tidsskriftsartiklar med fagfellevurdering (referee). Fire av dei 15 artiklane hadde ekstern medforfattar. Vidare hadde instituttet 12 pressemeldingar, 2114 medietreff og 12 kronikkar.
Strategiar og tiltak for 2011
Ein aktiv forbrukarpolitikk føreset god dokumentasjon om tilhøva for forbrukarane i Noreg. Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har ei sentral rolle når det gjeld å få fram, forvalte og formidle kunnskap som er viktig for situasjonen til forbrukarane. Kunnskapen skal vere til nytte for styresmakter, politikarar, næringsliv, organisasjonar og forbrukarar.
For departementet er det avgjerande at SIFO overvaker og følgjer utviklinga i ulike forbrukarmarknader og formidlar kunnskap som er relevant for den forbrukarpolitiske debatten. Ei oppgåve i 2011 vil vere å vedlikehalde og vidareutvikle SIFO sitt standardbudsjettet for forbruksutgifter. I samband med dette skal det mellom anna utviklast minstestandardar og standardar for bestemte formål, og det skal gjennomførast forsking retta mot bruken av standardbudsjettet. Gjennom regelbunden datainnsamling frå eit representativt utval av forbrukarar (SIFO-surveyen) og vidareføring av samarbeidet med departementet, Forbrukarombodet og Forbrukarrådet også om andre undersøkingar, vil stillinga til forbrukarane i sentrale marknader bli kartlagd.
Hausten 2010 blir det gjennomført ein kvalitativ studie om kjøp og sal av brukte bustader. Bustadomsetjing er krevjande og inneber mange utfordringar for både kjøpar og seljar, og transaksjonskostnadene er høge. Målet er at studien skal føre fram til eit samarbeid i 2011 med dei aktuelle bransjeorganisasjonane om å leggje forholda betre til rette for forbrukarane i bustadmarknaden. Studien skal også utdjupe og supplere biletet av stillinga til forbrukarane som avteiknar seg gjennom resultattavla for forbrukarmarknadene som EU-kommisjonen arbeider med. Resultattavla – Consumer Markets Scoreboard – er produktet av eit omfattande system for å overvake og dokumentere situasjonen for forbrukarane i den indre marknaden. Det blir samla inn store mengder data om mellom anna utsalsprisar, klagesaker og produkttryggleik, og om kor tilfredse forbrukarane er i ulike marknader. Vidare blir det gjort eigne studiar av enkeltmarknader eller -sektorar, til dømes e-handel, finansielle tenester og elektrisitet. Under EØS-avtala og rammeprogrammet for forbrukarpolitikk blir det arbeidd for at flest mogleg av desse undersøkingane om forbrukarforhold også skal inkludere data frå Noreg. Noreg er til dømes med i ei omfattande forbrukarundersøking (survey) som dekkjer 51 vare- og tenestemarknader i alle medlemslanda. Resultata frå undersøkinga blir publiserte av EU hausten 2010.
Regionkontora til Forbrukarrådet har, gjennom sin forbrukarservice, ein viktig funksjon som kontaktpunkt mot enkeltforbrukarar. Statistikken over desse kontaktane gir god oversikt over kva problem som finst. Dette kunnskapstilfanget gir, saman med annan informasjon (til dømes resultata frå nasjonale forbrukarundersøkingar og den europeiske resultattavla), grunnlag for prioritering av arbeids- og satsingsområde i forbrukarpolitikken.
Delmål 8.1: Medvit og informasjon om etiske og miljømessige konsekvensar av forbruksval
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St. prp. nr. 1 (2008–2009) under kap. 860 Forbrukarrådet, 862 Positiv miljømerking og kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid.
BLD gav økonomisk støtte til Stiftelsen Miljømerking i Noreg for å vidareutvikle og styrkje dei offisielle miljømerka Svanen og Blomen.
Miljømerking nådde målet for Svanen om å utvikle miljømerkingskrav for tre nye produktområde i 2009.
Det blei gitt ut 133 nye lisensar og registreringar for Svanen innanfor ulike produktgrupper. Målet var å gi ut 60 nye norske lisensar og registreringar. I tillegg blei fleire lisensar og registreringar utvida med nye produkt. Sidan fleire lisensar og registreringar gjekk ut som følgje av reviderte og skjerpte kriterium, blei nettoauken i lisensar og registreringar på 92. Totalt var det ved utgangen av året 477 gyldige lisensar og registreringar i Noreg, mot 385 ved utgangen av 2008.
For 2009 hadde Miljømerking som mål at 90 prosent av innbyggjarane skulle ha kjennskap til Svanen. Ei undersøking viste at kjennskapen var på rundt 94 prosent. Dette er det same som i ei tilsvarande undersøking i 2008.
For Blomen er det eit langsiktig mål å auke kjennskapen til 30 prosent. Ei undersøking i 2009 synte at kjennskapen var på rundt 14 prosent.
Det var ingen signifikante skilnader i kjennskapen til Svanen mellom kvinner og menn. For Blomen viste undersøkinga at 19,1 prosent av kvinnene hadde kjennskap til merket, mot 9,4 prosent av mennene.
For å få til miljøforbetring av varer og tenester blir miljømerkingskrava reviderte og skjerpte kvart tredje til femte år. I 2009 blei åtte kriteriedokument reviderte, medan målet var å revidere 15. Avviket frå målet hadde samanheng med at nokre revisjonar kravde meir ressursar enn planlagt.
For å miljøforbetre varer og tenester er det også viktig at lisensar og registreringar som går ut, blir fornya etter skjerpte krav. I 2009 blei 56 lisensar og registreringar fornya. Målet var å fornye 40.
Miljømerking vidareførte arbeidet med informasjon om miljømerkte produkt som enkle og trygge miljøval i kvardagen. Informasjonen er særleg retta mot småbarnsforeldre og personar som arbeider med barn. Miljømerking gjennomførte også ein kampanje for å auke kunnskapen om at svanemerkte produkt er gode klimaval. Det er utarbeidd ei rettleiing for lisensinnehavarar om korleis dei meir aktivt kan bruke Svanemerket i marknadsføringa av produkt.
BLD gav økonomisk støtte til vidareutvikling og marknadsføring av nettstaden etiskforbruk.no. Denne nettstaden skal vere eit hjelpemiddel til personar som ønskjer å velje produkt ut frå etiske og miljømessige kriterium. Frå 2010 vil etiskforbruk.no bli ein integrert del av miljønettstaden til Grønn Hverdag.
BLD gav i 2009 også økonomisk støtte til det nordiske prosjektet Nice Fashion, som tek sikte på å fremme etisk og miljømessig ansvar innanfor klede- og motebransjen via nettsida nicefashion.org.
Forbrukarrådet gjennomførte ei kartlegging av vilkåra forbrukarane har for å gjere berekraftige val når dei handlar daglegvarer. I kartlegginga blei prisen og eksponeringa på utvalde produkt i 62 butikkar i Oslo, Bergen, Trondheim og Akershus undersøkt.
Med heimel i merkelova er det gitt ei rekkje forskrifter om merking av ulike typar varer, mellom anna energimerking av hushaldsapparat og nye personbilar. BLD la våren 2010 fram eit lovforslag (Prop. 99 L (2009–2010)) om endringar i merkelova og nokre andre lover. Lovendringane blei vedtekne i juni. Endringane skal medverke til eit meir effektivt tilsyn og betre etterleving av forskriftene. Det blir mellom anna innført ein heimel for Noregs vassdrags- og energidirektorat og Statens vegvesen til å gripe inn med tvangsmulkt og/eller gebyr ved brot på forskriftene som dei fører tilsyn med (forskriftene om energimerking av hushaldsapparat og nye personbilar).
I tråd med handlingsplanen til regjeringa for miljø og etikk i offentlege innkjøp, er det utforma ei rettleiing for etiske krav i offentlege innkjøp. Rettleiinga blei lansert i januar 2009 og send ut til alle statlege verksemder, kommunar og fylkeskommunar. Det operasjonelle ansvaret for oppfølginga av tiltak i handlingsplanen knytt til etikk i offentlege innkjøp er lagt til Direktoratet for forvalting og IKT (Difi).
BLD deltok i ei internasjonal arbeidsgruppe som utviklar ein ISO-standard for samfunnsansvaret til alle typar organisasjonar. Standarden er venta ferdig mot slutten av 2010.
Strategiar og tiltak for 2011
Departementet vil arbeide for å skape større medvit om miljø- og klimakonsekvensar av forbruksval og av det samla private forbruket, og medverke til å konkretisere kva eit berekraftig forbruk betyr i praksis. Det er eit mål å skape større engasjement i samfunnet om løysingar som fører til eit meir bærekraftig forbruksmønster.
For at det skal være mogleg for forbrukarane å gjere etiske og miljøtilpassa val, må dei næringsdrivande finne det lønnsamt å produsere og investere etisk, sosialt og berekraftig, slik at det finst reelle alternativ. Det må også finnast lett tilgjengeleg, påliteleg og tilstrekkeleg informasjon om etikk- og miljøaspekta ved produkta. Større innsyn i og kunnskap om produksjonshistoria til produkt, gjennom openheit i heile verdikjeda, er ein viktig føresetnad for at forbrukarane ved bevisst og koordinert etterspørsel skal kunne medverke til at næringsdrivande endrar produktsortiment og produksjonsmåtar.
Frivillige merkeordningar er ein metode for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om vala som er gode for miljøet. Departementet vil medverke til å styrkje og utvikle dei offisielle miljømerka Svanen og Blomen vidare. For å sikre at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden aukar, er det viktig at forbrukarar og innkjøparar i enda større grad etterspør slike. Departementet vil arbeide vidare med å auke truverdigskapen til miljømerka Svanen og Blomen og kunnskapen om dei, ikkje minst kunnskapen om at miljømerking tek klimaomsyn.
Etter oppdrag frå Stortinget skal BLD lage ei oversikt over alle forbrukarretta merkeordningar, mellom anna miljømerka, som er offisielle eller får offentleg støtte, og formålet med ordningane. Den offentlege støtta vil bli vurdert opp mot måloppnåinga til merkeordningane. Sidan oppdraget til BLD delvis er overlappande med eit oppdrag Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har fått om å gå igjennom reglane for matmerking, er det nedsett ei arbeidsgruppe som skal sjå på ein del felles spørsmål. I arbeidsgruppa deltek forutan BLD og HOD, også Fiskeri- og kystdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet .
Departementet vil medverke til å utvikle informasjon om etiske aspekt ved produkt og produksjonsmåtar. Slik informasjon kan vere eit hjelpemiddel til å velje produkt ut frå etiske og miljømessige kriterium. Også Forbrukarrådet vil halde fram med arbeid for å gjere det enklare for forbrukarane å gjere etiske og miljøforsvarlege kjøpsval, mellom anna ved å gjennomføre produkttestar og ved å gi informasjon på Forbrukarportalen.
Det er viktig at næringsdrivande ikkje nyttar miljø- og etikkargumentasjon på uriktig eller villeiande måte i marknadsføringa si. Forbrukarombodet, som forvaltar marknadsføringslova, skal sjå til at dette ikkje skjer, og arbeider for at forbrukarane skal få riktig og relevant informasjon også om etiske og miljømessige forhold ved varer og tenester.
Skolar og barnehagar er ein viktig arena for å skape forståing for etikk-, miljø-, ressurs- og klimaproblema og for å skapa sunne haldningar til forbruk. Arbeidet til departementet med forbrukarundervisning tek opp tema knytt til dette. Mellom anna blir det gitt støtte til eit prosjekt, PERL – The Partnership for Education and Research about Responsible Living, som er eit breitt, internasjonalt nettverk for undervisarar og forskarar som utviklar utdanning for berekraftig forbruk, sosial innovasjon og ansvarleg og berekraftig livsstil. Nettverket legg mellom anna vekt på ei brei kompetanseutveksling og på å skape nye læremiddel. Prosjektet blir støtta mellom anna av EU-kommisjonen, UNEP og UNESCO.
I tillegg til informasjon og haldningsarbeid med sikte på å endre forbruket i ei meir berekraftig retning, er det behov for å utvikle metodar for å beskrive den samla miljøbelastninga frå det private forbruket på samfunnsnivå. Tidligare anslag som er foretatt indikerer at effekten av betre teknologi og av meir miljøtilpassa produkt omtrent blir utlikna av auken i det materielle forbruket over den seinaste, slik at miljøbelastninga frå forbruket er omtrent uendra. Eit mål er å bidra til at det kan målast ein nedgang i den samla miljøbelastninga frå forbruket innan fem år.
Nærmare om budsjettforslaget:
Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
860 | Forbrukarrådet | 94 137 | 105 449 | 108 760 | 3,1 |
862 | Positiv miljømerking | 4 532 | 4 677 | 5 822 | 24,5 |
865 | Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid | 22 882 | 13 028 | 13 432 | 3,1 |
866 | Statens institutt for forbruksforsking | 25 660 | 26 481 | 27 041 | 2,1 |
867 | Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet | 6 852 | 7 536 | 7 752 | 2,9 |
868 | Forbrukarombodet | 21 212 | 20 888 | 21 495 | 2,9 |
Sum kategori 11.30 | 175 275 | 178 059 | 184 302 | 3,5 |
Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
01-23 | Drift | 46 570 | 37 068 | 38 159 | 2,9 |
50-59 | Overføringar til andre Statsrekneskapar | 119 797 | 131 930 | 135 801 | 2,9 |
70-98 | Overføringar til private | 8 908 | 9 061 | 10 342 | 14,1 |
Sum kategori 11.30 | 175 275 | 178 059 | 184 302 | 3,5 |
Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 | Pst. endr. 10/11 |
3867 | Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet | 159 | |||
3868 | Forbrukarombodet | 1 330 | |||
Sum kategori 11.30 | 1 489 |
Kap. 860 Forbrukarrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
50 | Basisløyving | 94 137 | 97 149 | 99 203 |
51 | Marknadsportalar | 8 300 | 9 557 | |
Sum kap. 860 | 94 137 | 105 449 | 108 760 |
Status for verksemda
Forbrukarrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som skal gjere forbrukarar dyktige og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre meir forbrukarvennleg enn dei elles ville gjort. I tillegg skal Forbrukarrådet gi bistand til forbrukarar som har fått problem i samband med at dei har kjøpt ein vare eller teneste, og som til dømes treng hjelp til å fremje ei klage.
Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre.
Dei ti regionkontora til Forbrukarrådet har ansvaret for lokale tenester til forbrukarane, og har ein viktig funksjon som kontaktpunkt. Det forbrukarpolitiske arbeidet blir leidd frå hovudkontoret i Oslo.
Forbrukarrådet hadde 135 tilsette fordelte på 123,5 årsverk per 1. mars 2010. Av dei tilsette var 57 (42 prosent) menn og 78 (58 prosent) kvinner.
Post 50 Basisløyving
Posten dekkjer lønnsutgifter til faste medarbeidarar, godtgjering til medlemmene av styret, kontordrift og politiske aktivitetar, samt husleige i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer løyvinga kostnader med å greie ut aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, og kostnader med å bringe prinsipielle spørsmål inn for domstolane for å få avklart kva som er gjeldande forbrukarrett. Løyvinga skal også dekkje nasjonale utgifter i samband med deltakinga i European Consumer Centres-nettverket.
Løyvinga kan ha kjønnsrelevans, idet Forbrukarrådet – særleg gjennom informasjonsverksemda si – kan medverke til å jamne ut ulikskapar i til dømes kunnskapar som kvinner og menn kan ha om forbrukarspørsmål.
Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter er Forbrukarrådet gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3, fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva til dei tilsette er regulerte i lov om statens tjenestemenn. Forbrukarrådet leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.
Budsjettforslaget for 2011 er på 99,203 mill. kroner. Løyvinga på posten er føreslått redusert med 0,958 mill. kroner i samband med interne omprioriteringar.
Post 51 Marknadsportalar
Finansportalen, som vart opna i januar 2008, skal gjere det enklare for forbrukarane å samanlikne dei mange ulike produkta som finst på marknaden for sparing, lån og forsikring, og medverke til betre konkurranse innanfor finansnæringa. Den føreslåtte løyvinga skal dekkje kostnadene til ordinær drift og vidareutvikling av Finansportalen. Løyvinga dekkjer også ordinære driftskostnader til ei ny teneste for samanlikning av kostnader ved å sende pengar til utlandet for privatpersonar.
Budsjettforslag for 2011 for post 51 er 9,557 mill. kroner. Forslaget inneberer ei styrking på 1 mill. kroner for å dekkje dei årlege driftskostnadene som har vist seg å vere noko høgare enn det som vart lagt til grunn i det opphavlege budsjettoverslaget.
Kap. 862 Positiv miljømerking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
70 | Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking | 4 532 | 4 677 | 5 822 |
Sum kap. 862 | 4 532 | 4 677 | 5 822 |
Status for verksemda
Formålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Dette skal ein oppnå gjennom å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt og å rettleie forbrukarar og innkjøparar.
Stiftelsen Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svanen, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er også ansvarleg organ i Noreg for Blomen, miljømerkeordninga til EU.
Miljømerking blir leidd av eit styre som består av representantar oppnemnde av BLD, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, LO, Forbrukarrådet, handelskjedene og miljøorganisasjonane.
Miljømerking fekk i 2009 om lag 4,5 mill. kroner i statleg driftsstøtte frå BLD. Av desse vart om lag 2,3 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som ansvarleg organ i Noreg for Blomen. I tillegg fekk Miljømerking litt over 1 mill. kroner i støtte frå Miljøverndepartementet. Dei samla inntektene var på om lag 22 mill. kroner. Hovuddelen av desse var knytte til lisensiering av Svanen.
Miljømerking hadde per 1. mars 2010 24 tilsette. Av desse var 14 kvinner.
Post 70 Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking
Posten dekkjer tilskot til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.
Det blir foreslått ei løyving på 5,822 mill. kroner. Posten er auka med 1 mill. kroner. Styrkinga skal bidra til å gjere merkene Svanen og Blomen betre kjent og byggje opp statusen deira som offisielle miljømerke.
Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 18 506 | 8 644 | 8 912 |
79 | Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast | 4 376 | 4 384 | 4 520 |
Sum kap. 865 | 22 882 | 13 028 | 13 432 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Midlane på posten blir i hovudsak nytta til å finansiere enkeltprosjekt, medrekna utgreiingar, utviklings- og informasjonstiltak, som har særleg relevans på forbrukarområdet. Ressursar blir nytta mellom anna til arbeid med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skolen og til informasjon om miljøkonsekvensar av forbruksval.
Løyvinga kan ha kjønnsrelevans, særleg ved at informasjonstiltak og tiltak retta mot skolane kan medverke til å jamne ut ulikskapar i kunnskapar og haldningar som kan finnast hos gutar og jenter, kvinner og menn på forbrukarområdet.
Budsjettforslaget for 2011 er på 8,912 mill. kroner.
Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast
Mål
EFTA- og EØS-landa har sidan 2000 delteke i rammeprogrammet til EU-kommisjonen om forbrukarpolitikk, på like vilkår som EU-landa. Rammeprogrammet inneber at høvet for norsk deltaking og medverknad blir forbetra. Midlane under programmet blir nytta til å finansiere EU-kommisjonen sine eigne tiltak, samarbeidstiltak mellom EU-/EØS-statane og støtte til europeiske forbrukarorganisasjonar.
Kriterium for tildeling
Utgiftene Noreg har i dei ulike programma til EU, blir fastsette etter ein fordelingsnøkkel som er nedfelt i EØS-avtalen og vil variere med utviklinga av nasjonalprodukta (BNP) i EFTA- og EØS-landa.
Oppfølging og kontroll
Revisjonsretten i EU og internrevisjonen til EU kontrollerer bruken av budsjettmidlane til dei programma som Noreg deltek i, jf. elles EØS-avtalen.
Budsjettforslag 2011
Løyvingane på posten skal dekkje kostnadene ved deltaking i rammeprogrammet til EU for forbrukarpolitikk. Storleiken på dei årlege bidraga til EU-kommisjonen varierer med svingingane i eurokursen, utviklinga i BNP, den faktiske aktiviteten under programmet og det endelege EØS-budsjettet.
Det blir føreslått ei løyving på 4,52 mill. kroner på posten.
Kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
50 | Basisløyving | 25 660 | 26 481 | 27 041 |
Sum kap. 866 | 25 660 | 26 481 | 27 041 |
Status for verksemda
Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har til formål å drive forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til stillinga og rolla til forbrukarane i samfunnet. Instituttet medverkar med forskingsbasert kunnskap til styresmakter, politikarar, næringslivet, organisasjonar og forbrukarar.
SIFO er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre. Drifta er finansiert med ei basisløyving over statsbudsjettet og med prosjektinntekter. Instituttet utfører prosjekt med finansiering frå statlege verksemder, Noregs forskingsråd, EU, næringslivet og ulike organisasjonar.
Driftsinntektene til SIFO var i 2009 på vel 42,2 mill. kroner, mot 41,2 mill. kroner i 2008. Av desse var 25,6 mill. kroner basisløyving frå BLD. Resten, 16,6 mill. kroner, var inntekter frå ulike eksterne oppdrag. I 2008 var basisløyvinga frå BLD på 25,1 mill. kroner og inntektene frå eksterne prosjektoppdrag på 16,1 mill kroner.
SIFO hadde 54 tilsette fordelte på 48,7 årsverk per 1. mars 2010. Av dei tilsette var 34 (63 prosent) kvinner.
Post 50 Basisløyving
Posten dekkjer utgifter til lønn og godtgjering, og utgifter til drift ved instituttet.
Basisløyvinga omfattar fire hovudelement: løyving til grunnfinansiering av instituttet, løyving til forvaltingsrelaterte oppgåver, løyving til strategisk kompetanseutvikling og løyving til laboratorie- og testverksemda til instituttet.
Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter er SIFO gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3, fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva for dei tilsette er regulerte i lov om statens tenestemenn. SIFO leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.
Løyvinga har kjønnsrelevans ved at kjønn er ein sentral variabel i mange av forskingsarbeida som instituttet gjennomførar.
Det blir føreslått ei løyving på 27,041 mill. kroner på posten.
Kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 6 852 | 7 536 | 7 752 |
Sum kap. 867 | 6 852 | 7 536 | 7 752 |
Status for verksemda
Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet (FTU) og Marknadsrådet har i oppgåve å førebu saker som skal avgjerast i FTU og Marknadsrådet. Førebuinga av sakene for FTU legg beslag på størstedelen av ressursane.
Forbrukartvistutvalet, som består av ein leiar, tre nestleiarar og ti medlemmer, handsamar tvistar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og forbrukar, eller mellom private partar. Vedtaka er bindande for partane og får verknad som ein dom, med mindre saka blir brakt inn for tingretten. Ein tvist som forbrukaren ønskjer å bringe inn for FTU, må først ha vore handsama ved eit av regionkontora til Forbrukarrådet. I dei seinare åra har det vore ein jamn auke i talet på saker til FTU. Ein veit lite om grunnen til dette.
Marknadsrådet, som består av ein leiar, nestleiar og sju medlemmer med personlege vararepresentantar, handsamar hovudsakleg saker om marknadsføring som blir lagde fram gjennom Forbrukarombodet. I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkeføresegnene i tobakkskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova. Marknadsrådet er også klageinstans for vedtak som Statens medieforvaltning har gjort i medhald av kringkastingslova § 3-1 tredje ledd om reklame for livssyn eller politiske bodskap.
Sekretariatet hadde 8 tilsette (7,8 årsverk) per 1. mars 2010. Av desse var 5 kvinner.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til lønn for faste medarbeidarar og andre driftsutgifter ved Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet. Posten dekkjer også godtgjersle og utgifter til medlemmene i Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet.
Det blir føreslått ei løyving på 7,519 mill. kroner på posten.
Kap. 3867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
18 | Refusjon av sykepengar | 159 | ||
Sum kap. 3867 | 159 |
Kap. 868 Forbrukarombodet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Driftsutgifter | 21 212 | 20 888 | 21 495 |
Sum kap. 868 | 21 212 | 20 888 | 21 495 |
Status og hovudoppgåver for verksemda
Forbrukarombodet skal føre tilsyn med at marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande er i samsvar med marknadsføringslova. Saker som forbrukarombodet ikkje greier å løyse gjennom frivillige ordningar, kan bringast inn for Marknadsrådet. Marknadsrådet kan fatte forbodsvedtak mot aktuelle tiltak. Saman med forbodsvedtak skal det som hovudregel også fattast vedtak om tvangsmulkt som den næringsdrivande må betale dersom vedtaket ikkje blir følgt. I tillegg kan det etter marknadsføringslova fattast vedtak om gebyr for lovbrot som allereie har skjedd. Forbrukarombodet handhevar forskrifter om fibermerking og vedlikehaldsmerking av tekstilar, og fører tilsynet med reglar gitte i medhald av kringkastingslova og kredittkjøpslova. Forbrukarombodet er nasjonalt kontaktpunkt for ehandel etter ehandelslova. Dessutan har Forbrukarombodet ansvaret for å føre tilsyn med marknadsføring av alternativ behandling. Gjennom marknadsføringslova fører Forbrukarombodet også tilsyn med at rettane til forbrukarane i anna lovverk (til dømes angrerettlova) blir tekne vare på. Forbrukarombodet skal leggje vekt på å gjere verksemda kjent blant publikum og på å informere publikum og næringsdrivande om innhaldet i lova og om praksis.
Hovudmålet til Forbrukarombodet er redusert førekomst av lovstridig marknadsføring og betre vern for forbrukarar i standardkontraktar.
Resultatrapport og strategiar
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2008–2009).
Redusert førekomst av lovstridige marknadsføringsmetodar
Den 1. juni 2009 blei ei ny marknadsføringslov sett i kraft. Forbrukarombodet har brukt store ressursar på å gi god informasjon til næringsdrivande om det nye regelverket. Ombodet har utarbeidd fleire nye rettleiingar og hatt fleire møte med bransjeorganisasjonar og større verksemder om ulike emne i lova.
Forbrukarombodet har i 2009 òg arbeidd mykje med prismarknadsføring og prismerking. Ombodet handsama fleire store saker innan møbelbransjen og fekk fleire verksemder til å slutte med villeiande salsmarknadsføring. I daglegvarebransjen sette ein større aktør i verk ei omfattande prissamanlikning med namngitte konkurrentar. Forbrukarombodet inviterte bransjen til å utarbeide ei norm for bruk av prissamanlikningar, og norma blei lagd fram i vår. Hausten 2009 hadde Forbrukarombodet ein omfattande kontroll for å sjekke prismerking i daglegvareforretningar. Kontrollen viste at prismerkinga i mange butikkar var mangelfull, og at det ikkje var godt nok samsvar mellom prisen på vara og den prisen som blei slått inn i kassa. Dette blei teke opp med aktørane. Ein tilsvarande aksjon i vår synte at merkinga no var noko betre.
Forbrukarombodet handsamar framleis mange saker om prisopplysningar i ekombransjen. Talet på saker har gått noko ned, men Forbrukarombodet ser stadig nye variantar av villeiande prisinformasjon i denne marknaden. Forbrukarombodet leier eit stort prosjekt om prisstrukturar i mobilmarknaden, og dette er i rute. Alle tiltaka i ein rapport om forbrukarmarknaden for mobiltelefoni frå februar 2008 er vurderte og følgde opp gjennom ei rekkje møte både i arbeidsgruppa (Post- og teletilsynet, Forbrukarrådet og Forbrukarombodet) og med mobiltilbydarane. Eit viktig, men omfattande tiltak er ei bransjenorm for betre informasjon på fakturaer for å sikre at forbrukarane får betre oversikt over forbruket sitt, og samtidig gjere det enklare å samanlikne tilbod. Samarbeidet med bransjen er i sluttfasen, og bransjenorma vert sett i kraft 1. november 2010. SIFO har laga ein rapport (Bundet til mobilmasten) som mellom anna peiker på fleire uheldige bindingar i denne bransjen, både på tenester og mellom tilbydarar/distributørar/detaljistar. Arbeidsgruppa har ein dialog om korleis ein skal redusere den uheldige effekten av desse bindingane.
Forbrukarombodet arbeidde mykje med finansielle spørsmål i 2009 og har mellom anna kartlagt og laga eit omfattande notat om Individuell pensjonssparing (IPS). I vidareføringa av dette har ombodet utarbeidd ei rettleiing med krav til marknadsføring av IPS. Forbrukarombodet tek sikte på å gjennomføre kontrollar med marknadsføringa av slike produkt ved årsskiftet.
Ombodet har kartlagt marknadsføringa av helseforsikring og barneforsikring og diskutert saka med Barneombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet og forsikringsbransjen. Forbrukarombodet har sendt brev til bransjen der det har klargjort sitt syn på korleis ein kan marknadsføre slike produkt.
Forbrukarombodet har sett krav til bankar som ønskjer å marknadsføre seg som gebyrfrie, og det er sendt brev til bankane der ombodet stiller krav om betre prisopplysningar på bankane sine heimesider. Forbrukarombodet fekk ikkje medhald i Marknadsrådet i at det var urimeleg handelspraksis å bruke vervekampanje i marknadsføringa av kredittkort.
Stadig fleire forbrukarar ønskjer å ta miljømessige eller etiske omsyn i forbruket sitt. Da er det viktig at dei næringsdrivande ikkje bruker miljø- og etikkargumentasjon på uriktig eller villeiande måte i marknadsføringa. Forbrukarombodet har derfor utarbeidd ei rettleiing for bruk av miljøargument i marknadsføring. Forbrukarombodet har arrangert ein konferanse om bruk av klimapåstandar i marknadsføring og utarbeidd ei rettleiing om emnet. Forbrukarombodet gjorde også ferdig ei rettleiing for bruk av miljøpåstandar i marknadsføringa av energiberarar til bustadoppvarming. Forbrukarombodet handsama i 2009 mange saker om forskjellige miljøpåstandar og om bruk av private miljømerke.
Barn og unge blir utsette for mykje marknadsføring og kommersielt press. Eit viktig tema for Forbrukarombodet har derfor vore å få avklart avtalekompetansen til barn når dei bruker mobiltelefon og nett. Forbrukarombodet har hatt diskusjonar med Justis- og politidepartementet og Stortinget om dette og gitt innspel til den nye verjemålslova. I forarbeida til lova er det no gjort ei rekkje viktige avklaringar om barn sin avtalekompetanse på desse marknadene. Forbrukarombodet har også diskutert dette med dei andre nordiske forbrukaromboda og teke opp konkrete saker saman med dei.
Forbrukarombodet har samarbeidd med Post- og teletilsynet, Forbrukarrådet, Barnevakten og Telenor om mellom anna reglane om registrering av barn som brukarar av telefon. Forbrukarombodet har dessutan vore svært aktivt med informasjon til foreldre om kva dei kan gjere for å unngå at barna får problem med store rekningar, og om kva dei kan gjere dersom barna likevel får problem. Samtidig har Forbrukarombodet også handsama svært mange klager på mobile innhaldstenester.
Betre vern for forbrukarar i standardkontraktar
Forbrukarombodet arbeidde i 2009 med at standardkontraktar som forbrukarar, skal vere klare og balanserte, og at dei ikkje skal vere urimelege. I 2009 kom Forbrukarombodet til semje med bransjen etter lange forhandlingar om ei bransjenorm for Internett-aksess. Forbrukarombodet fekk medhald i Marknadsrådet i at vilkåra frå straumselskapa om bindingstid og gebyr for å gå ut av straumavtala var urimelege. Forbrukarombodet deltok i arbeidet med å lage ei rekkje nye standardkontraktar for bustadoppføring og arbeid på bustad i Standard Norge. Kontraktane blei lanserte 1. desember 2009, men dei er førebels ikkje tekne i bruk av bransjen. Forbrukarombodet har også delteke i eit utval utpeikt av Barne- og likestillingsdepartementet som har sett nærmare på korleis ein kan gjere forbrukarane meir tilfredse med handverkartenester. Den 1. desember 2009 blei det lansert ein rapport med ulike tiltak. Mange bruker store summar på å leige bustad. Forbrukarombodet har gått gjennom ei lang rekkje leigekontraktar frå studentsamskipnader og har utarbeidd ein mønsterkontrakt som fleire samskipnader no har teke i bruk. Forbrukarombodet har òg gått gjennom vilkåra til ei rekkje private utleigarar.
Ein enklare og tryggare marknad for elektronisk handel og kommunikasjon
Forbrukarombodet får kvart år inn mange klager frå forbrukarar som har dårlege erfaringar med telefonsal. Forbrukarombodet fekk fleire klager på telefonsal etter at den nye marknadsføringslova blei sett i kraft. Over 800 klaga på at dei blei ringde opp sjølv om dei hadde reservert seg mot telefonsal i Brønnøysundregisteret. Forbrukarombodet fatta forbodsvedtak mot Intermedia for omfattande oppringing til forbrukarar som hadde reservert seg. I denne saka tok Forbrukarombodet for første gong i bruk sanksjonane som blei lagde inn i marknadsføringslova frå 1. juni, men vedtaket blei oppheva av Marknadsrådet.
Forbrukarombodet fekk medhald i Marknadsrådet i at marknadsføringa av gratisturar i eit selskap var villeiande. Forbrukarombodet vann også ei sak om negativt sal i Romerike tingrett.
Forbrukarombodet handsamar framleis mange klager på spam og vil leggje fram fleire saker for Marknadsrådet til vurdering i 1. kvartal av 2010. Det ligg førebels ikkje føre noko vedtak frå Marknadsrådet i desse sakane. Mykje spam inneheld svindelkonsept. Forbrukarombodet deltek i ei styringsgruppe for eit prosjekt om ID-tjuveri. Ombodet deltok òg i den verdsomspennande aksjonen Fraud Prevention Month.
Redusert førekomst av urimeleg marknadsføring over landegrensa
Den nye marknadsføringslova innfører mellom anna eit europeisk regelverk som forbyr urimeleg marknadsføring. Europeisk samarbeid er derfor viktigare enn tidlegare. Forbrukarombodet deltek aktivt i det europeiske nettverket for organ tilsvarande ombodet i andre europeiske land (CPC) både i møte, saker og prosjekt. Forbrukarombodet leidde eit prosjekt om skattar og avgifter i flymarknaden. Rapporten frå prosjektet blei lansert på ein pressekonferanse saman med EU-kommissær Meglena Kuneva i Oslo. Forbrukarombodet deltok på to europeiske seminar om tolkinga og praktiseringa av direktivet om urimeleg handelspraksis (UCP-direktivet) som ligg til grunn for store delar av den nye marknadsføringslova. Forbrukarombodet har òg gitt sitt syn på EU-kommisjonens rettleiing om direktivet (UCP-guidelines), både skriftleg og munnleg. Forbrukarombodet arbeider aktivt mot EU-kommisjonens framlegg til direktiv om forbrukarrettar, og ombodet har mellom anna hatt møte med representantar i EU-parlamentet og med EU-kommisjonen.
Ombodet har eit nært samarbeid med dei andre nordiske forbrukaromboda og deltek i eit verdsomspennande nettverk av organ motsvarande ombodet.
Strategiar og tiltak for 2011
Redusere førekomsten av lovstridig marknadsføring
Forbrukarombodet skal bidra til å avdekkje når forbrukarane blir villeidde av usanne påstandar om sal, førprisar og prisgarantiar. Det er viktig at opplysningar som blir gitte i marknadsføringa, gir eit riktig bilete av innhaldet i og kostnadane ved tenestene. Forbrukarombodet vil i 2011 prioritere marknadsføring av bustader og prisinformasjon på telefonmarknaden. I tillegg vil Forbrukarombodet sjå på telefonsal og spam på e-post og i tekstmeldingar.
Med den nye marknadsføringslova fall forbodet mot tilgift og konkurransar vekk. Forbrukarombodet meiner slike marknadsføringsformer kan innebere urimeleg marknadsføring til barn. Forbrukarombodet vil følgje med på utviklinga av bruken av slike verkemiddel og gripe inn mot lovstridige tiltak.
Forbrukarombodet vil bidra til å hindre at barn og unge blir utsette for direkte kjøpsoppmaningar. Den aukande bruken av Internett og mobiltelefon inneber at mindreårige kan gjere avtaler og bruke pengar utan at dei møter seljaren fysisk. Forbrukarombodet vil arbeide for å hindre at mindreårige gjer avtaler der dei ikkje har rettsleg kompetanse.
Forbrukarombodet vil halde fram det internasjonale arbeidet for å betre forbrukarvernet. I EU er det sett i gang eit stort arbeid som tek sikte på å slå saman fleire direktiv til eitt større (forbrukarrettsdirektivet). Forbrukarombodet har vore kritisk til dette arbeidet, da direktivet skulle totalharmonisere viktige spørsmål frå kontraktretten. Forbrukarombodet har arbeidd tett med fleire departement og Forbrukarrådet mot dette direktivet. Arbeidet med å påverke innhaldet i direktivet held fram i 2011. Forbrukarombodet vil òg følgje opp EU-kommisjonens arbeid med ein felles europeisk kontraktsrett, som blei lansert i ei grønbok før sommaren 2010.
Den nye marknadsføringslova frå 2010 er delvis ei implementering av eit totalharmonisert europeisk regelverk som forbyr urimeleg marknadsføring. Forbrukarombodet vil arbeide kontinuerleg med å påverke tolkinga av direktivet, slik at terskelen for kva som er villeiande eller urimeleg, blir sett på det nivået vi ønskjer i Noreg.
Forbrukarombodet skal nytte samarbeidet med dei andre europeiske landa til å redusere ulovleg marknadsføring eller urimelege vilkår i tilfelle der utanlandske selskap rettar seg til norske forbrukarar, og der norske selskap rettar seg til forbrukarar i andre europeiske land.
Betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar
Forbrukarombodet vil i 2011 gjere ei vurdering av standardkontraktar på ulike livsområde. Generelt er det viktig at kontraktane er klare og balanserte, og at dei ikkje er urimelege.
Dei seinare åra har det vore ei stor utbygging av moderne bustadkompleks. På grunn av til dømes svingande økonomi har slike utbyggingar teke svært lang tid. Mange forbrukarar har lidd økonomiske tap på grunn av den lange ventetida. Kontraktane som er nytta i slike samanhenger, har ikkje alltid regulert forbrukarens rettar ved forseinking på ein god nok måte. Forbrukarombodet vil sjå til at kontraktane som no blir nytta, er betre på dette punktet, og at dei elles ikkje er urimelege. Forbrukarombodet vil fortsetje gjennomgangen av kontraktar for feriebustader.
Forbrukarombodet vil bidra til at kontraktane i til dømes telefonmarknaden, TV-marknaden og privatskolemarknaden ikkje inneheld bindingar som er urimelege for forbrukarane.
Handel på nett held fram med å auke. Forbrukarombodet vil bidra til at forbrukarane ikkje blir utsette for urimelege kontraktar, og at prosessane for å gjere avtaler må vere enkle og trygge.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje lønn til tilsette og andre driftsutgifter ved Forbrukarombodet. Forbrukarombodet hadde 31 tilsette per 1. mars 2010. Av desse var 48 prosent kvinner.
Kap. 3868 Forbrukarombodet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
01 | Diverse inntekter | 783 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 414 | ||
18 | Refusjon av sykepengar | 133 | ||
Sum kap. 3868 | 1 330 |
Programområde 28
Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon
Programkategorien omfattar folketrygda sine stønader i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon. Det er i dei seinare åra gjort endringar i foreldrepengeordninga for å styrkje fedrane sine rettar og dermed bidra til meir likestilt foreldreskap. Fedrekvoten er utvida, og fleire fedrar har fått rett til fedrekvote. Det er eit høgt prioritert mål at fedrane skal ta ut meir foreldrepermisjon; det er bra både for far, mor og barn og bidreg til likestilling mellom foreldra.
Mål
For 2011 blir følgjande mål prioritert:
Hovudmål | Delmål |
---|---|
3. Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv | 3.7: Ei foreldrepengeordning som bidrar til å fremme likestilt foreldreskap |
Resultatrapport og strategiar
Delmål 3.7: Ei foreldrepengeordning som bidreg til å fremme likestilt foreldreskap
Resultatrapport 2009/2010
Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. (2008–2009).
Fleire fedrar tek meir permisjon
I 2009 tok 43 179 fedrar ut foreldrepengar ved fødsel. Det var 2997 (7,5 prosent) fleire enn i 2008.
Same året tok 7 426 fedrar ut foreldrepengar ut over 6 veker fedrekvote, det vil seie i om lag 17,2 prosent av dei tilfella der mor òg har betalt foreldrepermisjon.
Det var 1 083 fedrar som tok ut foreldrepengar på sjølvstendig grunnlag i 2009, omtrent same talet som i 2008. Dette gjeld tilfella der far, men ikkje mor har tent opp rett til foreldrepengar. For at far skal kunne ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, må mor gå ut i arbeid, ta offentleg godkjend utdanning på heiltid, ta offentleg godkjend utdanning i kombinasjon med arbeid som til saman gir heiltid, vere for sjuk til å ta seg av barnet eller vere innlagd i helseinstitusjon. Av fedrane som tok ut foreldrepengar på sjølvstendig grunnlag, tok 78,6 prosent ut meir enn 30 dagar, omtrent som i 2008.
For å betre kunnskapen om kva høve fedrar har til å ta ut foreldrepermisjon, har Arbeids- og velferdsdirektoratet publisert ein kort informasjonsfilm om fedrar og foreldrepengar. Filmen ligg på nettstaden til NAV og finst òg med engelsk teksting. Departementet arrangerte i januar 2010 ein konferanse om familievennleg arbeidsliv. Konferansen blei arrangert i samarbeid med ti av dei største arbeidslivsorganisasjonane og tok mellom anna føre seg kva som kan gjerast for å fremme fedrar sitt uttak av foreldrepengar. Jamfør omtale under programkategori 11.10, målet om Eit familievennleg arbeidsliv.
Utvida rettar for fedrar
Fedrekvoten er utvida frå seks til ti veker for fødslar og omsorgsovertakingar frå 1. juli 2009. Den samla stønadsperioden er samtidig utvida med to veker, til 46 veker med full lønnsdekning eller 56 veker med 80 prosent lønnsdekning. Endringane går fram av Ot.prp. nr. 56 (2008–2009). Da fedrekvoten oftast blir nytta mot slutten av stønadsperioden, ventar ein ikkje å sjå verknaden av endringa før i andre kvartal av 2010. Full verknad av endringa er først venta i 2011.
For barn fødde 1. juli 2009 eller seinare, er stønadsperioden der berre far har tent opp rett til foreldrepengar, utvida med åtte veker, frå 29/39 til 37/47 veker. Far kan ta ut foreldrepengar på sjølvstendig grunnlag dersom mor deltek i introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar eller i kvalifiseringsprogram for personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne. Endringane gir fedrar styrkt rett til å ta ut foreldrepengar. Endringane går fram av Ot.prp. nr. 56 (2008–2009).
Med verknad for fødslar og adopsjonar frå og med 1. juli 2010 er regelverket endra slik at det ikkje lenger er noko krav at mor har arbeidd i minst halv stilling for at far skal ha rett til fedrekvote. Endringa inneber at det er rett til fedrekvote i alle tilfelle der begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar. Om lag 1 500 fleire fedrar får rett til fedrekvote. Lovendringa går fram av Prop. 80 L (2009–2010).
Fleksibelt uttak av foreldrepengar
Det var 3285 mødrer og 3667 fedrar som nytta ordninga med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel i 2009, noko som var 23 prosent fleire mødrer og heile 69 prosent fleire fedrar enn i 2008.
Sjølvstendige næringsdrivande sin bruk av foreldrepengar og svangerskapspengar
Frå 1. juli 2008 fekk sjølvstendig næringsdrivande same rett til foreldrepengar som arbeidstakarar. I 2009 mottok 3 665 sjølvstendige foreldrepengar ved fødsel, 1 529 mødrer og 2 136 fedrar. Dette var ein auke på høvesvis 12,7 og 12,3 prosent frå 2008. 161 kvinner mottok svangerskapspengar, noko som var 69,5 prosent fleire enn i 2008.
Fleire foreldre får rett til foreldrepengar ved at arbeidsavklaringspengar gir opptening
Den 1. mars 2010 blei den nye stønaden arbeidsavklaringspengar innført. Stønaden erstattar attføringspengar, rehabiliteringspengar og tidsavgrensa uførestønad. I motsetnad til desse ytingane gir arbeidsavklaringspengar oppteningsrett til foreldrepengar. Endringa gir fleire mødrer og fedrar rett til foreldrepengar, og i samband med fødsel legg ho langt betre til rette for familiar der ein av foreldra er ute av arbeid på grunn av helseproblem. Forslaget vil òg gi eit enklare og meir konsistent regelverk.
Tabell 3.16 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga i 2008 og 2009
2008 | 2009 | Endring 2008/2009 | |
---|---|---|---|
Talet på fødslar | 59 655 | 60 931 | 1 276 |
Talet på levandefødde barn | 60 497 | 61 807 | 1 310 |
Talet på kvinner som avslutta minst ein periode med foreldrepengar ved fødsel | 51 575 | 54 474 | 2 889 |
- av desse med 80 prosent lønnskompensasjon | 35 511 | 35 913 | 402 |
Talet på menn som avslutta minst ein periode med foreldrepengar ved fødsel | 40 183 | 43 179 | 2 996 |
- av desse med permisjon i inntil 24 dagar | 9 941 | 10 859 | 918 |
- av desse med permisjon i 25 dagar | 1 076 | 998 | -78 |
- av desse med permisjon i 26–29 dagar | 756 | 777 | 21 |
- av desse med permisjon i 30 dagar | 21 772 | 23 119 | 1 347 |
- av desse med permisjon i 31–39 dagar | 1 182 | 1 290 | 108 |
- av desse med permisjon i 40–49 dagar | 1 485 | 1 696 | 211 |
- av desse med permisjon i 50 dagar | 276 | 321 | 45 |
- av desse med permisjon i 50–59 dagar | 740 | 914 | 174 |
- av desse med permisjon i 60 dagar eller meir | 2 955 | 3 205 | 250 |
Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved fødsel for kvinner (kr) | 283 390 | 300 699 | 17 309 |
Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved fødsel for menn (kr) | 357 850 | 371 287 | 13 437 |
Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel | 2 678 | 3 285 | 607 |
Talet på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel | 2 167 | 3 667 | 1 500 |
Talet på fødslar utanfor institusjon | 211 | 161 | -50 |
Talet på kvinner med svangerskapspengar | 2 372 | 2 977 | 605 |
- av desse sjølvstendig næringsdrivande | 95 | 161 | 66 |
Talet på kvinner som avslutta minst ein periode med foreldrepengar ved adopsjon | 416 | 335 | -81 |
- av desse med 80 prosent lønnskompensasjon | 300 | 210 | -90 |
Talet på menn som avslutta minst ein periode med foreldrepengar ved adopsjon | 338 | 264 | -74 |
- av desse med permisjon i inntil 24 dagar | 101 | 80 | -21 |
- av desse med permisjon i 25 dagar | 11 | 3 | -8 |
- av desse med permisjon i 26–29 dagar | 5 | 5 | 0 |
- av desse med permisjon i 30 dagar | 128 | 88 | -40 |
- av desse med permisjon i 31–39 dagar | 14 | 13 | -1 |
- av desse med permisjon i 40–49 dagar | 16 | 16 | 0 |
- av desse med permisjon i 50 dagar | 0 | 4 | 4 |
- av desse med permisjon i 50–59 dagar | 7 | 4 | -3 |
- av desse med permisjon i 60 dagar eller meir | 56 | 51 | -5 |
Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved adopsjon for kvinner (kr) | 310 399 | 388 433 | 28 034 |
Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved adopsjon for menn (kr) | 361 208 | 374 175 | 12 967 |
Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved adopsjon | 85 | 73 | -12 |
Talet på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved adopsjon | 41 | 46 | 5 |
Talet på kvinner med eingongsstønad ved fødsel | 11 328 | 12 189 | 861 |
Talet på menn med eingongsstønad ved fødsel | 15 | 17 | 2 |
Talet på kvinner med eingongsstønad ved adopsjon | 6 | 1 | -5 |
Talet på menn med eingongsstønad ved adopsjon | 0 | 0 | 0 |
Talet på menn med minst ein dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad / mor har hatt ein stillingsdel på under 50 prosent før fødsel) | 1 075 | 1 083 | 8 |
- av desse med permisjon i inntil 24 dagar | 146 | 138 | -8 |
- av desse med permisjon i 25 dagar | 10 | 6 | -4 |
- av desse med permisjon i 26–29 dagar | 23 | 24 | 1 |
- av desse med permisjon i 30 dagar | 57 | 64 | 7 |
- av desse med permisjon i 31–39 dagar | 74 | 64 | -10 |
- av desse med permisjon i 40–49 dagar | 84 | 91 | 7 |
- av desse med permisjon i 50 dagar | 8 | 9 | 1 |
- av desse med permisjon i 50–59 dagar | 53 | 62 | 9 |
- av desse med permisjon i 60 dagar eller meir | 620 | 625 | 5 |
* Nokre av tala for 2008 er endra i høve til Prop. 1 S (2009–2010) BLD.
Strategiar og tiltak
Fedrekvoten er eit av dei viktigaste tiltaka for å auke fedrars uttak av foreldrepengar. Fedrars deltaking i omsorga for barnet i det første leveåret er viktig for tidleg å etablere god kontakt mellom far og barn. Auka fedreuttak kan òg skape eit godt grunnlag for foreldras omsorgsdeling når barnet vert større. Auka deltaking i barneomsorga legg grunnlag for auka yrkesaktivitet blant mødrer og for eit meir likestilt foreldreskap. I 2011 vil regjeringa utvide fedrekvota ytterlegare, frå ti til tolv veker. Den totale stønadsperioden vert utvida med ei veke øyremerka for far. Fedrekvoten vert òg utvida med ei veke innanfor gjeldande stønadsperiode. Den delen av perioden som er til valfri fordeling mellom foreldra vert dermed ei veke kortare enn i dag. Etter endringa vert fedrekvoten tolv veker av ein samla stønadsperiode på 47 eller 57 veker, avhengig av kva dekningsgrad foreldra har valt.
Ein del fedrar med eiga opptening kan ikkje ta ut foreldrepengar fordi mor ikkje har opptent rett til foreldrepengar. Desse fedrane kan heller ikkje ta ut foreldrepengar på eige oppteningsgrunnlag så lenge mor ikkje går ut i arbeid eller utdanning etter fødselen. Ei gruppe som vert ramma av dette er familiar der mor mottar uførepensjon. Her vert familien stilt særleg dårlig fordi dei ikkje kan tilpasse seg regelverket ved at mor begynner å arbeide eller studere. Regjeringa føreslår derfor at far med opptent rett til foreldrepengar skal få rett til permisjon i same veketal som fedrekvoten,12 veker, i tilfelle der mor mottar uførepensjon.
Departementet føreslår at endringane skal gjelde for fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2011. Departementet vil fremme ein proposisjon for Stortinget med forslag til nødvendige lovendringar.
Foreldrepengeordninga er eit sentralt familie- og likestillingspolitisk verkemiddel. Ei god og fleksibel foreldrepengeordning gjer det mogleg for både mødrer og fedrar å halde oppe tilknytinga til arbeidslivet i småbarnsfasen og dele på omsorgsoppgåvene i heimen. For å nå målet om at ordninga skal fremme likestilt foreldreskap, er det viktig å halde fram arbeidet med å leggje til rette for og stimulere til at fedrane tek meir permisjon. Dei endringane i regelverket som er gjennomførte for å styrkje fedrane sine rettar dei siste åra, og føre til auka foreldrepengeuttak blant fedrar i 2011.
I regjeringa sin handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner går eit av tiltaka ut på at BLD vil arbeide for at fleire fedrar enn i dag tek ut ein større del av foreldrepengeperioden enn fedrekvoten. Det går fram av handlingsplanen at departementet i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten vil styrkje informasjonen til foreldra om korleis dei kan fordele stønadsperioden seg imellom. I St.meld. nr. 8 (2008–2009) Om menn, mannsroller og likestilling går det òg fram at regjeringa vil samarbeide med partane i arbeidslivet for å styrkje informasjonen om arbeidstakarane sine rettar når det gjeld å tilpasse arbeid til familieliv, og for å utforme tiltak som stimulerer arbeidsgivarar til å ha ein personalpolitikk med bevisste strategiar for permisjonstakarar og arbeidstakarar med barn.
I St.meld. nr. 8 (2008-2009) Om menn, mannsroller og likestilling går det fram at regjeringa vil greie ut ei forenkla og likestilt foreldrepengeordning. Arbeidet med denne utgreiinga er i gang i departementet og skjer i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Nærmare om budsjettforslaget
Kap. 2530 Foreldrepengar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2009 | Saldert budsjett 2010 | Forslag 2011 |
70 | Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving | 12 992 338 | 13 351 500 | 14 163 000 |
71 | Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving | 418 446 | 409 500 | 405 000 |
72 | Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving | 358 805 | 380 000 | 410 000 |
73 | Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving | 80 695 | 75 000 | 105 000 |
Sum kap. 2530 | 13 850 284 | 14 216 000 | 15 083 000 |
Stønadene under kap. 2530 Foreldrepengar er heimla i folketrygdlova kap. 14 Ytelser ved svangerskap, fødsel og adopsjon.
Mål
Stønadene under dette kapitlet skal kompensere for bortfall av inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og sikre støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.
Tildelingskriterium
Tildelingskriterium er omtalte under dei enkelte budsjettpostane nedanfor.
Oppfølging og kontroll
Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.
Budsjettforslag 2011
Regjeringa føreslår å utvide stønadsperioden for foreldrepengar med ei veke øyremerka for far og å utvide fedrekvoten med ei veke innanfor gjeldande stønadsperiode, med verknad for barn fødde eller adopterte frå og med 1. juli 2011. Forslaget vil ikkje ha økonomiske konsekvensar i 2011. Heilårsverknaden av forslaget vil først kome etter nokre år, og er rekna til mellom 320 til 360 mill. kroner.
Regjeringa føreslår òg å gi fedrar med opptent rett til foreldrepengar rett til foreldrepengar i same veketal som fedrekvoten, 12 veker, i tilfelle der mor mottar uførepensjon, med verknad for barn fødde eller adopterte frå og med 1. juli 2011. Kostnadene i 2011 er rekna til 13 mill. kroner.
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei siste ti månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Arbeidsavklaringspengar er likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gir oppteningsrett til foreldrepengar frå 1. mars 2010. Foreldrepengar dekkjer ikkje inntektstap som per år overstig seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G), jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2010 utgjer grunnbeløpet 75 641 kroner.
Stønadsperioden ved fødsel er 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Ti av desse vekene er øyremerkte far (fedrekvoten). Sidan stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 46 veker, kan det maksimalt bli refundert 401 479 kroner per stønadstilfelle. Foreldra kan fordele ein større del av stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13. For fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2010 har far rett til fedrekvote i alle tilfella der begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar.
Når berre far har tent opp rett til foreldrepengar, kan han ta ut inntil 37/47 veker dersom mor etter fødselen går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 14-14.
For fødslar frå og med 1. juli 2011 er stønadsperioden 47 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 57 veker med 80 prosent lønnskompensasjon. Tolv av desse vekene er øyremerkte far. For stønadsperiodar på 47 veker dekkjer folketrygda maksimalt 410 207 kroner per stønadstilfelle.
Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 4-11 gir òg rett til å utsetje stønadsperioden når den som tek imot foreldrepengar, er i arbeid på heiltid. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast tre år etter fødselen. Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar som blir ytte i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.
Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving
Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt etter reglane i folketrygdlova § 14-17 til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar. Eingongsstønaden blir føreslått vidareført nominelt frå 2010 til 2011, og er på 35 263 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt ein eingongsstønad per barn. Under post 71 høyrer òg stønad ved fødsel utanfor institusjon, jf. folketrygdlova § 5-13. Slik stønad blir ytt til kvinner som ikkje er innlagde på sjukehus eller fødestue i samband med fødselen. Stønaden er på 1765 kroner.
Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving
Feriepengar av foreldrepengar blir ytt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei første 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt redusert lønnskompensasjon (80 prosent).
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
Foreldrepengar ved adopsjon blir ytt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 43 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 53 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Fedrekvoten er på ti veker. Sidan stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 43 veker, kan det maksimalt betalast ut 375 296 kroner per stønadstilfelle. Sjå elles omtalen under post 70. For omsorgovertaking frå og med 1. juli 2011 er stønadsperioden 44 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 54 veker med 80 prosent lønnskompensasjon. 12 av desse vekene er øyremerkte far. For stønadsperiodar på 44 veker dekkjer folketrygda maksimalt 384 024 kroner per stønadstilfelle.