Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 — Utgiftskapittel: 800–868, 2530 Inntektskapittel: 3821, 3822, 3842, 3855, 3856, 3858, 3859

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

4 Likestillingsomtale

Likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova pålegg offentlege styresmakter å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling på alle politikkområde.

Full likestilling mellom kvinner og menn er eitt av hovudmåla for BLD. Departementet har ei særleg pådrivarrolle for å integrere kjønns- og likestillingsperspektivet på alle politikkområde og forvaltingsnivå. Likestilling handlar om begge kjønn; det er framleis eit mål å betre situasjonen til kvinnene, men det er òg viktig å ha eit mannsperspektiv i likestillingsarbeidet.

4.1 Integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i budsjettet

4.1.1 Barne- og ungdomstiltak

Departementet legg vekt på å stimulere til likeverd og likeverdige høve for jenter og gutar. Dette blir mellom anna følgt opp gjennom ulike tilskotsordningar og gjennom dialog og kontakt med ungdomsmiljø. Til dømes er likeverd og likeverdige høve for jenter og gutar eit kriterium BLD legg vekt på i tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, som rettar seg mot 23 bykommunar. Her blir det kvart år gitt støtte til fleire prosjekt som bidreg til å sikre dette. Temaet blir òg teke opp på konferansar BLD arrangerer, konferansar retta både mot barne- og ungdomsmiljøet og mot kommunesektoren. Kjønnsperspektivet er òg teke hand om i arbeid retta mot mobbing og trakassering blant barn og unge. Departementet legg vekt på å vere merksam på den retten barn og ungdom av begge kjønn har til deltaking og innverknad i kvardagslivet og i samfunnsutviklinga. Òg når det gjeld forsking, utvikling av statistikk og anna innhenting av kunnskap om barn og unge, legg departementet vekt på å få informasjon om både jenter og gutar.

4.1.2 Barnevernet

Barnevernstenesta gir vern og omsorg til dei mest utsette barna og familiane deira, både barn som opplever omsorgssvikt, og barn som har alvorlege åtferdsproblem. Eit hovudmål for tenesta er å gi god og tilpassa hjelp, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsevne og seksuell orientering, og utan omsyn til kvar i landet barna bur. Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2009 viser at det framleis er fleire gutar enn jenter som tek imot tiltak av barnevernet. I 2009 var det rundt 55 prosent gutar og 45 prosent jenter som fekk eit eller anna barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga er den same dersom ein ser på talet på barn som var nye i barnevernet, eller barn som tok imot barnevernstiltak per 31. desember 2009.

Det er små kjønnsskilnader både når det gjeld talet på plasseringar i fosterheim og bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det er ei overvekt av gutar i barnevernsinstitusjonar, høvesvis 55 prosent gutar og 45 prosent jenter. Det er òg ein tendens til at gutar oftare har hjelpetiltak som til dømes støttekontakt og/eller besøks- og avlastingsheim enn jenter. Dei tek òg oftare imot behandlingstilbod som MST (multisystemisk terapi, 59 prosent gutar) og PMTO (foreldreopplæring, 65 prosent gutar).

BLD og Bufdir vil framleis ved utvikling av barnevernstiltaka ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønna der det er behov. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette eksempelvis i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.

Kvinner er i fleirtal blant dei tilsette i den statlege barnevernstenesta. Ved årsskiftet 2009/2010 var 35 prosent av dei tilsette i tenesta menn og 65 prosent kvinner. BLD og Bufdir arbeider for å få til ei jamnare kjønnssamansetjing blant dei tilsette, slik at brukarane i større grad kan bli møtte av begge kjønna. Delen menn som blei tilsette i etaten i 2009, auka med 8 prosentpoeng frå 2008, frå 34 til 42 prosent. Blant tilsette med etnisk minoritetsbakgrunn er det ei jamnare fordeling mellom kjønna; 42,2 prosent menn og 57,8 prosent kvinner. Fordelinga av kvinner og menn i leiarstillingar er høvesvis 64 og 36 prosent.

Det er knytt særlege utfordringar til tilrettelegging for begge kjønn i omsorgstilboda for einslege mindreårige asylsøkjarar, jf. delmål 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern. Det kjem mange fleire einslege mindreårige gutar enn jenter til landet. Om lag 85 prosent er gutar. Det må takast omsyn til dei kulturelle forskjellane mellom jenter og gutar som desse barna er vande med.

Bufdir har eit hovudansvar for implementering og vidareutvikling av eit foreldrerettleiingsprogram. Eit mål i programmet er at heile landet skal få eit likeverdig tilbod om foreldrerettleiingskurs. Det er likeins eit mål å få til grupper som er sette saman av begge kjønna, og eventuelt opprette eigne pappagrupper der det er behov for det.

4.1.3 Likestilling i innvandrarbefolkninga

I nokre innvandrargrupper er det store skilnader på menn og kvinner si deltaking i arbeidslivet. Menn har oftare røynsle frå yrkeslivet i opphavslandet og kvinner står i høgare grad utanfor arbeidslivet i Noreg enn menn. Regjeringa vil føre vidare og utvikle tiltak for å få fleire personar med innvandrarbakgrunn inn i arbeidslivet og unngå at personar med innvandrarbakgrunn fell ut av arbeidsmarknaden. Regjeringa vil særleg leggje vekt på at fleire innvandrarkvinner får arbeid.

Regjeringa vil framleis ha stor merksemd på introduksjonsordninga, som er eit viktig tiltak for at dei som kjem til landet fordi dei har behov vern, skal kunne få arbeid. Det er viktig å vidareføre dei gode resultata. Samstundes ser ein at kjønn og landbakgrunn har mykje å seie for resultata i introduksjonsprogrammet. Til dømes viser tal frå SSB at av menn frå Afghanistan går 81 prosent over til ordinært arbeid eller utdanning etter introduksjonsprogrammet. Tilsvarande resultat for kvinner frå Somalia er 34 prosent. Innvandrarane si tilknyting til arbeidsmarknaden blir sterkare med auka butid. Det gjeld også deltakarar i introduksjonsprogrammet, særleg kvinner. Av kvinnene som var ferdige med programmet i 2005, var 43 prosent i arbeid og/eller utdanning i november 2006, og talet auka til 57 prosent i november 2008. Mennene hadde ikkje ei tilsvarande positiv utvikling, men dei hadde høgare deltaking like etter at dei var ferdige med programmet.

Ny sjanse prøver ut kvalifiseringsprogram, etter den same modellen som introduksjonsprogrammet, for innvandrarar som over fleire år har mangla tilknyting til arbeidslivet. Innvandrarkvinner som er heime med barn, og som ikkje får sosialhjelp, har vore og er ei av målgruppene. Resultatrapporten frå IMDi for 2009 viser at 626 personar var deltakarar i Ny sjanse i 2009. Meir enn 50 prosent hadde bakgrunn frå Somalia (40 prosent) eller Irak (17 prosent). Den tredje største gruppa hadde bakgrunn frå Pakistan (10 prosent). 71 prosent av dei var kvinner. I snitt gjekk 42 prosent av alle deltakarane i 2009 til arbeid eller utdanning (40 prosent av kvinnene og 46 prosent av mennene). Resultata held seg på eit stabilt og høgt nivå. Frå starten i 2005 og fram til 2009 har totalt 43 prosent av deltakarane gått over til arbeid eller utdanning.

Forsøket med Ny sjanse blir ført vidare i 2011. Det blir retta særleg inn mot utvalde landgrupper med særleg høg arbeidsløyse eller låg sysselsetjing. Kvinner frå desse utvalde landgruppene vil vere ei hovudmålgruppe.

4.1.4 Forbrukarområdet

På forbrukarområdet er informasjon om og undervisning i forbrukaremne sentrale verkemiddel for å jamne ut ulikskapar mellom kvinner og menn, gutar og jenter. Undersøkingar i den vidaregåande skolen har tidlegare vist at gutar gjennomgåande skårar høgare enn jenter på kunnskap og dugleik som gjeld personleg økonomi, medan jenter skårar høgare enn gutar på tema knytte til mat og matvareutgifter.

BLD arbeider for å styrkje undervisninga i relevante forbrukaremne, slik at både gutar og jenter skal få betre føresetnader for å meistre praktiske forhold i kvardagslivet relaterte til forbruk. Tiltaka rettar seg mot elevar både i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, og mot lærarstudentar. Departementet har gjennom fleire år medverka til eigne fagdagar for lærarstudentar og lagt til rette for undervisningsstoff på Skolenettet og via Skolemagasinet. Foreldrepraten (foreldrepraten.no), som er eit diskusjonsopplegg for foreldremøte, er eit anna tiltak som framleis er aktuelt. I dette er det lagt inn oppgåver som problematiserer ulike vurderingar i synet på forbruket til gutar og jenter som det har vist seg at foreldre har.

Forbrukarrådet er den verksemda på forbrukarområdet som har den mest direkte kontakten med forbrukarar som treng råd og hjelp. Årleg får Forbrukarrådet over 100 000 telefonar og e-postar. Det er ingen klare skilnader mellom kvinnene og mennene som vender seg dit. Brukarundersøkingar har heller ikkje avdekt klare skilnader når det gjeld kor godt nøgde kvinner og menn er med hjelpa dei får.

4.2 Likestilling internt i BLD

4.2.1 Statistiske data

Det har vore ein auke i delen menn i departementet, frå 25 prosent i 2003 til 35 prosent i 2009. I 2008 var talet 34 prosent.

Kjønnsfordelinga i BLD er framleis skeiv. I mars 2010 var det 66 prosent kvinner av dei tilsette i BLD og 34 prosent menn.

Kjønnsfordelinga varierar mellom avdelingane, frå 24 prosent til 48 prosent menn. Det er fleire kvinner enn menn i dei lågast lønte stillingane, spesielt gjeld dette kontorstillingane. Samstundes er det ei overvekt av kvinner i leiarstillingar: 60 prosent av ekspedisjonssjefane og 69 prosent av avdelingsdirektørane med personalansvar er kvinner.

I seniorrådgivargruppa er 62 prosent kvinner. Her er det ein auke i kvinnedelen med 5 prosentpoeng samanlikna med året før.

Samla sett ligg gjennomsnittslønna til menn 1,1 lønnstinn høgare enn gjennomsnittslønna for kvinner. Skilnaden var 1,5 lønnstrinn i favør av menn i 2008. Hovudforklaringa på lønnsskilnaden er den høge delen av kvinner i dei lågare stillingskategoriane. Ser ein på dei ulike stillingskategoriane, er det ingen vesentlege skilnader i avlønning av kvinner og menn.

Overtidsstatistikken for 2009 viser at det er samsvar mellom delen av kvinner i departementet og delen av kvinner som arbeider overtid.

Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der kvinnedelen er høg. Departementet har òg vore merksam på å kalle inn kvalifiserte mannlege søkjarar til intervju. Tala viser likevel ein nedgang i delen av mannlege søkjarar til stillingar i departementet samanlikna med året før, frå 35 prosent i 2008 til 30 prosent i 2009. Det har likevel vore ein auke i delen tilsette menn, frå 30 prosent i 2008 til 40 prosent i 2009. Departementet har i 2009 praktisert moderat kjønnskvotering. Det inneber at dersom ei kvinneleg og ein mannleg søkjar er like kvalifiserte for stillinga, er det mannen som skal tilsetjast. Nedgang i talet på mannlege søkjarar er likevel i seg sjølv eit argument for å vurdere fleire tiltak for å betre kjønnsfordelinga.

Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne, har regelen i BLD vore at minimum éin søkjar skal kallast inn til intervju om han eller ho er kvalifisert. Det same prinsippet gjeld for personar med innvandrarbakgrunn. Generelt ser det ut til at tiltaka til no ikkje har hatt stor effekt med sikte på å få fleire tilsette av desse underrepresenterte gruppene.

Det er eit overordna mål at samansetjinga av departementet langt på veg skal gjenspegle mangfaldet i samfunnet når det gjeld kjønn, alder, etnisk bakgrunn og funksjonsevne. Samstundes skal kvalifikasjonsprinsippet vere rådande ved tilsetjingar, nemleg at den best kvalifiserte søkjaren skal tilsetjast.

Skal BLD rekruttere fleire menn, personar med nedsett funksjonsevne og fleire med innvandrarbakgrunn, utan å svekkje kvalifikasjonsprinsippet, blir tiltak som kan auke talet på søkjararfrå desse gruppene særleg viktige. Det inneber at departementet må leggje større vekt på profilering i aktuelle medium og på nettstader som når desse gruppene. Dei siste åra har BLD nytta nettstaden inkludi.no for å nå potensielle søkjarar med innvandrarbakgrunn. I 2011 vil departementet utvide bruken av nettstader og andre medium for å nå fram til dei underrepresenterte gruppene.

Deltaking på arbeidslivsdagar på universiteta skal fortsette og eventuelt forsterkast mot enkeltstudiar for å profilere departementet betre ovanfor studentar.

Samstundes som BLD skal gjere profileringa eksternt meir målretta, skal departementet interntgå gjennomadministrative system og ordningar som innkjøpsrutinar, nettstader, lokalar, tilsettingsrutinar, og kompetansetiltak for å sikre best mogleg universell utforming. BLD vil vidare delta i felles traineeordning for personar med nedsett funksjonsevne.

BLD skal setje i verk tiltaka som er nemnde ovanfor i løpet av 2011.

Tabell 4.1 Tilsette/årsverk etter kjønn, tenesteforhold og etat per 1. mars 2010

Tilsette

Talet på årsverk totalt

Menn

Kvinner

I alt

Av desse

Årsverk menn

I alt

Av desse

Årsverk kvinner

Heiltid

Deltid

Heiltid

Deltid

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

189

18365632651249628118

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

209

200

82

77

5

80

127

107

20

120

Barne-, ungdoms- og familieetaen

4 951

4 329

1 711

1 198

513

1 477

3 240

2 300

940

2 852

Barneombodet

17

16

4

4

0

4

13

9

4

12

Forbrukarombodet

31

31

16

15

1

16

15

14

1

15

Forbrukarrådet

135

123

57

47

10

54

78

55

23

70

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

89

82

22

16

6

20

67

50

17

62

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

192

186

67

65

2

66

125

113

12

120

Likestillings- og diskrimineringsombodet

59

56

14

14

0

14

45

35

10

42

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

1

1

1

1

0

1

0

0

0

0

Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene65,511015414,5

Sekretariatet for marknadsrådet og forbrukartvistutvalget

8

8

3

3

0

3

5

4

1

5

Statens institutt for forbruksforsking

54

49

20

15

5

17

34

31

3

32

5 Forsking og utvikling

God kunnskap gir eit sikrare grunnlag for politiske og faglege avgjerder. Systematisk kunnskapsinnhenting som grunnlag for utvikling av politikk og forvalting er nødvendig, og BLD har som mål å ta i bruk relevant FoU-basert kunnskap i alle vurderingar. Departementet arbeider for å skaffe fram ny kunnskap på alle saksområde, og for å sikre at kunnskap om og for sektoren blir oppdatert. Dette skjer både gjennom langsiktige løyvingar til programforsking i Noregs forskingsråd, samarbeid med Statistisk sentralbyrå og gjennom direkte prosjektløyvingar til fagmiljø i institutt-, universitets- og høgskolesektoren. I tillegg til å skaffe fram ny kunnskap kan dei same miljøa utføre oppdrag for departementet, som å utarbeide kunnskapsstatusar, gjere utgreiingar, gjennomføre kartleggingar og handsame statistikk. På fleire av ansvarsområda til departementet blir forsøk og utviklingsarbeid nytta for å forbetre og reformere metodar og tenester. Forskingsbasert kunnskap vil ofte vere eit nødvendig grunnlag for dette arbeidet, samtidig som forsøk og utviklingsarbeid bidreg til kunnskaps- og erfaringsproduksjon. Forskingsbaserte evalueringar blir nytta for å undersøkje om tenester og ordningar har behov for fornying og forenkling. BLD bidreg også til den langsiktige kompetanseoppbygginga i FoU-miljøa gjennom å gi støtte til ulike kompetansesenter og universitets- og forskingsinstitutt.

Noregs forskingsråd fekk i 2010 fleire løyvingar over budsjettet til BLD. Løyvingane vil bli førte vidare på same nivå i 2011. Frå 2010 tok departementa i bruk ein felles målstruktur for løyvingane sine til Forskingsrådet. Målstrukturen er omtalt i Prop. 1 S frå Kunnskapsdepartementet.

BLD støttar programmet Kjønnsforsking (2008–2012) under Noregs forskingsråd. Programmet er eit tverrfagleg humanistisk og samfunnsvitskapleg forskingsprogram. Det overordna målet for programmet er å styrkje kjønnsforskinga som eit eige kunnskapsfelt og å få meir kunnskap om kjønn og likestilling. BLD vil støtte programmet med 4 mill. kroner i 2011.

BLD har i ei årrekkje teke del i finansieringa av velferdsforskinga i Noregs forskingsråd. Frå 2009 blei velferdsforskinga ført vidare i det nye programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) (2009–2018). Forskingstemaa i programmet er aldring, konsekvensar av auka velstand og rikdom, internasjonal migrasjon, familie og samfunn, verdiskaping og organisering i arbeidslivet og oppslutning om organisering og styring av velferdssamfunnet. VAM er eit handlingsretta program, og målet er at forskinga skal gi kunnskap som kan brukast i utforminga av politikk og forvaltinga av offentlege ordningar. Det er i fleire år gitt støtte til forskingsprogrammet Internasjonal migrasjon og etniske relasjoner(IMER) i regi av Noregs forskingsråd. Temaa for forskinga her er arbeidsmigrasjon, politisk deltaking, flyktningrett, pengeoverføringar til innvandrarens opphavsland og likestilling, diskriminering og tilhøvet mellom rettar knytte til religion, individ og kjønn. For å auke nytta av forskinga er det laga fleire kunnskapsoversiktar som kan lastast ned på heimesida for programmet. Frå 2009 og 2010 har IMER-programmet stegvis gått inn VAM. Ny forsking om migrasjon og integrering vil framover gå føre seg i dette programmet. Ambisjonen er å reflektere verknaden av globalisering og migrasjon og det auka mangfaldet i samfunnet i den tverrfaglege forskinga om den norske velferdsstaten og den vidare utviklinga av velferdsordningane. Da det til no har vore lite forsking om internasjonal migrasjon og innvandringa til Noreg, er det innanfor programmet lyst ut ei femårig satsing for å styrkje forskingskompetansen og forskingsmiljøa kring desse temaa. BLD vil støtte programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon med 17,3 mill. kroner i 2011.

BLD er hovudfinansierer satsinga IT Funk (2007–2012) (IT for funksjonshemma) i Noregs forskingsråd. IT Funk skal bidra til at menneske med nedsett funksjonsevne får betre tilgang til informasjons- og kommunikasjonsteknologi og gjennom det betre tilgang til samfunnet. BLD vil føre vidare støtta til IT Funk med 5,6 mill. kroner i 2011.

BLD og Helse- og omsorgsdepartementet vil òg i 2011 gi midlar til forsking på behandlingsintervensjonar overfor gravide som misbruker rusmiddel under Noregs forskingsråds program Rusmiddelforsking (2007–2011). Som i tidlegare år vil det bli sett av 0,5 mill. kroner frå BLD.

Departementet legg stor vekt på å underbyggje integrerings- og inkluderingspolitikken med god forskingsbasert kunnskap, pålitelege data, påliteleg statistikk, evaluering av verkemidla på området og utvikling av metodar for det praktiske arbeidet. Sentrale spørsmål for forsking og utvikling er kva konsekvensar innvandring har for samfunnet, og kva opningar og vanskar eit samfunn med aukande kulturelt, religiøst og etnisk mangfald møter. Departementet vil vidareføre samarbeidsavtala med Statistisk sentralbyrå (SSB) om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår. Det blir jamleg produsert statistikk om inn- og utvandring, innvandringsgrunn, statsborgarskap, innvandrarar i Noreg, sysselsetjing og arbeidsløyse, haldningar til innvandring og innvandrarar, deltaking i val, nye innvandrarars deltaking i introduksjonsprogram, sekundærflytting og deltaking i arbeid blant flyktingar og deltaking i arbeid og utdanning blant unge med innvandrarbakgrunn. Det er under arbeid eit prosjekt som tek sikte på å gi ein heilskapleg oversikt over og forståing av innvandrarar sin veg inn i samfunnet ved å følgje utviklinga over tid.

Departementet vil arbeide for å få fram fleire analysar som samanliknar innvandrarars integrasjon i Noreg med andre land. Innanfor ramma av arbeidet til migrasjonsgruppa til OECD er rapporten Jobs for Immigrants – Labour Market Integration in Norway (OECD, 2009) publisert. Departementet vil i 2011 halde fram med å bidra til rapporteringa til OECDs publikasjon International Migration Outlook og vil også støtte eit utviklingsprosjekt som skal finne fram til sentrale indikatorar for å måle integrasjon av innvandrarar mellom land. Departementet bidreg også i 2011 til eit nordisk prosjekt som samanliknar integrasjonen av grupper av innvandrarar frå same opphavsland i dei skandinaviske landa over tid med vekt på deltaking i utdanning og deltaking i arbeidsmarknaden.

Departementet har òg finansiert eit prosjekt om familiepraksis og likestilling i innvandra familiar. Prosjektet er fullført. Departementet ønskjer å bruke den omfattande databasen som Fafo har etablert i samband med prosjektet, og som inneheld både kvalitative intervju med småbarnsforeldre, ei kartlegging blant 1800 personar med bakgrunn frå Noreg, Pakistan, Iran, Irak og Vietnam og registerdata over familiekjenneteikn. Datamaterialet opnar for ei rekkje nye analysar, og det er derfor sett i gang eit prosjekt i 2010 som vil få midlar også i 2011.

BLD koordinerer arbeidet med oppfølging av Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012). I samband med arbeidet er det nødvendig med dokumentasjon og kunnskap både om korleis den innvandra befolkninga lever, og om, og eventuelt i kor stor grad, dei opplever diskriminering. I fjorårets budsjettproposisjon omtalte departementet prosjektet Diskrimineringens art, omfang og årsaker, som no har endra tittel til Ansettelsespraksis og beslutningsgrunnlag. Situasjonstesting på det norske arbeidsmarkedet. Prosjektet vil få midlar også i 2011.

BLD koordinerer arbeidet med Handlingsplan mot kjønnslemlesting (2008–2011) og Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008–2011). Desse planane blir evaluerte fortløpande. Det er under arbeid ei evaluering av regelverket for statsborgarskap og statsborgarseremoniar som etter planen skal liggje føre i 2010. Hausten 2009 gav departementet, i samarbeid med partane i arbeidslivet, Fafo i oppdrag å gjennomføre ei undersøking om haldningar til og erfaringar med mangfald i arbeidslivet blant arbeidsgivarar og tillitsvalde. Målet med undersøkinga er å få eit betre grunnlag for å vurdere behovet for tiltak for å fremme mangfald og likestilling i arbeidslivet særleg når det gjeld etnisitet. Andre diskrimineringsgrunnlag er òg omfatta av undersøkinga. Tema som inngår i undersøkinga, er mellom anna rekruttering, høve for karriereutvikling og arbeidsmiljø. Undersøkinga skal etter planen liggje føre hausten 2010. BLD har sidan 2010, på vegne av fleire departement, koordinert finansieringa av ei undersøking om haldningar til jødar og jødedom blant innbyggjarane i Noreg. Undersøkinga vil òg omfatte haldningar til romfolket og muslimar. Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar gjennomfører undersøkinga i tett samarbeid med internasjonale ekspertar på feltet. Undersøkinga vil òg få midlar i 2011.

BLD koordinerer arbeidet med oppfølging av Regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013). Planen prioriterer innsatsområda uteområde/planlegging, bygningar, transport og IKT. Visjonen er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Dette vil medføre kostnader for samfunnet, og det er eit behov for betre metodar og kostnads- og nyttedata for dei samfunnsøkonomiske analysane som blir gjennomførte. Prosjekt for å utvikle metodar og skaffe slike data blir sette i verk i samråd med andre departement.

BLD ser det som viktig å støtte forsking som kan bidra til å sikre betre kunnskap om barn og ungdoms oppvekst og levekår. Gjennom Noregs forskingsråd sitt program VAM (sjå over)er det mellom anna løyvt midlar til fleire større prosjekt knytte til marginalisering og barns oppvekstkår. Det blir òg gitt tilskot til ulike forskingsmiljø til oppdrag og undersøkningar. I 2010 tok BLD mellom anna initiativ til eit forskingsprosjekt for å kartleggje ulike typar opne møteplassar, til dømes fritidsklubbar og ungdomshus, i alle landets kommunar. Målet er å få betre kunnskap om slike møteplassar og korleis dei inngår i kommunane sitt barne- og ungdomsarbeid. Rapporten vil liggje føre i 2011.

Hausten 2010 vil departementet setje i gang arbeidet med ei kunnskapsoppsummering av forsking om diskriminering mot barn og unge. Det er behov for å kartleggje nærmare kva barn og unge opplever som diskriminerande, og kven som opptrer diskriminerande. Som eit første tiltak vil ein derfor samanfatte den forskinga om diskriminering mot barn og unge som allereie ligg føre.

Departementet legg stor vekt på å utvikle eit barnevern bygt på kunnskap. Satsinga på målretta FoU-arbeid med praksisrelatert forsking, utvikling av tiltak bygde på kunnskap, kunnskapsspreiing og implementering er grunnsteinen i eit kunnskapsbasert barnevern. Kunnskap frå forsking skal nyttast for å sikre gode og individtilpassa tenester til barn, unge og familiane deira. I dei siste åra er det satsa på bruk av tiltak som gjennom forsking kan dokumentere positive effektar for enkelte målgrupper innanfor barnevernet. Dette gjeld spesielt behandlingsmetodar i nærmiljøet for barn og unge med alvorlege åtferdsproblem.

Saman med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har BLD ein langsiktig forskings- og utviklingsstrategi på barnevernsfeltet for perioden 2009–2012. Siktemålet med strategien er å utvikle og styrkje forskingsmiljø gjennom systematisk satsing på å hente inn, bruke og setje i verk forsking for å utvikle tenestene vidare. Forskinga skal medverke til at barnevernstiltaka fungerer etter målsetjingane og gir barna eit betre liv.

Størstedelen av løyvinga til forbruksforsking går som basisløyving til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO). SIFO har gjennom si fagleg uavhengige rolle stor fridom til å prioritere forskingsområde og forskingssatsingar. Departementet ser det som viktig at SIFO utviklar seg vidare som forskingsinstitutt, og held fram med innsatsen for å styrkje den vitskaplege profilen sin. Departementet legg vekt på å halde oppe ein god og tett dialog med SIFO om framtidige kunnskapsbehov og aktuelle satsingar.

Sentralt i forskinga til SIFO står Standardbudsjettet for forbruksutgifter. Standardbudsjettet viser vanlege forbruksutgifter for ulike typar hushald. Budsjettet omfattar både vanlege, faste utgifter til mat, klede, hygieneartiklar og liknande, og utgifter til sjeldnare innkjøp av varige forbruksgjenstandar som møblar, elektrisk utstyr med meir. Standardbudsjettet viser kva det kostar å leve på eit rimeleg forbruksnivå for ulike hushald med vanlege inntekts- og forbruksnivå. Det er ikkje meint å skulle vere uttrykk for ein minstestandard på forbruksutgifter. Departementet finansierar arbeidet med å vidareutvikle standardbudsjettet gjennom den årlege basisløyvinga til instituttet. Dette arbeidet vil blant anna omfatte ei utvikling av ein minstestandard for forbruk og standardar for bestemte formål.

SIFO-surveyen blei gjennomført for første gong i 2005. Dette er ei årleg undersøking blant eit representativt utval av forbrukarar. SIFO-surveyen skal på den eine sida spegle og målbere forbrukarane sin situasjon, haldningar og vurderingar overfor forbrukarstyresmaktene, og på den andre sida – til dømes gjennom oppslag i media – bidra til at den enkelte forbrukaren blir meir medviten på si rolle i marknaden. Surveyen skal òg gi grunnlag for vidare forsking og ny kunnskap om aktuelle forbrukarspørsmål.

SIFO har over lang tid arbeidd med problemstillingar kring konkurranse og forbrukarperspektiv i ulike marknader. SIFO har sett både på marknadene og åtferda til forbrukarane og på haldningar i marknadene. Spesielt er det sett på kva for endringar som skjer i desse marknadene, til dømes i daglegvaremarknaden, der det har skjedd store endringar dei siste 20–30 åra. Andre sentrale forskingstema for SIFO er spørsmål om miljøkonsekvensar av forbrukarsamfunnet og korleis forbruksforskinga kan bidra til ei fornuftig forvalting av dei felles ressursane våre. Forbruket til barn og unge er òg eit viktig innsatsområde, og spesielt vil SIFO sjå korleis kommersialiseringa i ulika samanhengar påverkar barns oppvekst.

Departementet har gitt SIFO i oppdrag å gjennomføre ei tidsserieundersøking av forbrukarkunnskapen til ungdommen. Formålet med prosjektet er å skildre utviklinga i elevane sin kunnskap om forbruk og elevane si rolle som forbrukarar ved overgangen frå ungdomsskolen til vidaregåande skole.

6 Internasjonalt arbeid

6.1 Innleiing

BLD har ansvaret for oppfølging av ei rekkje rettslege og ikkje-rettslege internasjonale forpliktingar gjennom

  • det nordiske samarbeidet

  • Europarådssamarbeidet

  • EØS-avtala

  • ei rekkje FN-konvensjonar

  • andre internasjonale konvensjonar

  • OECD-samarbeidet

BLD har som mål å styrkje EU/EØS-arbeidet gjennom ei strategisk, systematisk og samordna tilnærming til det europeiske samarbeidet. BLD har ein omfattande menneskerettsportefølje og har som mål å sikre implementeringa av menneskerettane i Noreg.

6.2 Integrasjons- og mangfaldsområdet

6.2.1 Norden

Frå 1968 har det vore eit nordisk samarbeid om felles statsborgarreglar for nordiske borgarar. Det er gjort avtale om gjennomføring av visse avgjerder om statsborgarrett for nordiske borgarar frå eit anna nordisk land. Avtala er revidert i 2010, men den endra avtala er ikkje underteikna enno og er dermed ikkje sett i kraft. Kvart år er det nordiske embetsmannsmøte om statsborgarskap der BLD deltek.

Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) er eit forum der landa uformelt drøftar problemstillingar på asyl-, flyktning- og migrasjonsområde. Samarbeidet går i hovudsak på spørsmål knytte til utlendingsregelverket, men har også oppe tema på integreringsområdet. NSHF har to møte i året, eit embetsmøte om hausten og eit kombinert ministermøte/embetsmøte om våren. Det er Justis- og politidepartementet som koordinerer Noreg si deltaking i NSHF, men BLD deltek når spørsmål knytte til integrering er på dagsordenen.

Det eksisterer også eit uformelt nordisk samarbeid på lågare nivå om integreringspolitikk. Frå Noreg si side er det Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som skjøttar dette samarbeidet.

6.2.2 EU

Utviklinga av EU sin integreringspolitikk er i dag basert på ikkje-rettslege tiltak og ikkje-bindande harmonisering av medlemslanda sin politikk. Med Lisboatraktaten er det likevel introdusert ein heimel som opnar for at fellesskapsorgana kan etablere tiltak og insentiv på feltet. Politikk som blir utvikla i EU, påverkar Noreg, og det er derfor viktig å samarbeide med EU også på integreringsområdet.

Drøftingar rundt integreringspolitikk baserer seg på eit felles rammeverk for integrering som landa slutta seg til i 2005. Rammeverket set opp ei rekkje grunnprinsipp som er retningsgivande for medlemslanda si politikkutvikling. Utviklinga av politikken på feltet skjer i stor grad via erfarings- og informasjonsutveksling og via samarbeid om metodar for utvikling av integreringspolitikk. Noreg har, som einaste ikkje-medlemsland, observatørstatus i EU-landa sitt nettverk for integrering, National Contact Points on Integration (NCP). Nettverket møtest jamleg og er ein arena for informasjonsutveksling mellom landa. Nettverket har møte ca. fire gonger i året.

Noreg har delteke på alle EU sine ministerkonferansar om integrering. Førebuinga til desse møta skjer i stor grad gjennom NCP. Den siste, og fjerde, ministerkonferansen om integrering var i april 2010 i Zaragoza, Spania.

I 2010 har Noreg, etter avtale med EU-kommisjonen, ansvaret for Peer Review, som er eit årleg seminar der EU-landa diskuterer sosial inkludering. Det skal bidra til gjensidig læring gjennom utveksling av erfaringar. Seminaret finn stad 18.–19. november 2010, og hovudtemaet er Immigrants entering to labour market – success or failure.

6.2.3 Europarådet

Noreg er med i styringskomiteen for integrerings- og migrasjonsspørsmål (CDMG) i Europarådet. Denne komiteen leier arbeidet med spørsmål knytte til integrering og innvandring i Europarådet. Komiteen følgjer opp sluttfråsegna frå den 8. europarådskonferansen for integrerings- og migrasjonsministrar i Kiev i 2008. I sluttfråsegna frå konferansen blir Europarådet bedt om å utvikle ei heilskapleg tilnærming til økonomisk migrasjon, utvikling og sosialt samhald. Europarådet blir også bedt om å støtte medlemslanda i å setje i verk ei slik tilnærming gjennom utveksling av informasjon og opplæring.

Samarbeidet om statsborgarskap i Europarådet er ein del av justissamarbeidet under The European Committee on Legal Co-operation (CDCJ). Justis- og politidepartementet har koordineringsansvaret, og BLD deltek etter behov. Europarådskonvensjonen av 6. november 1997 om statsborgarskap, som Noreg har underteikna, blei ratifisert 4. juni 2009 og vart sett i kraft 1. oktober 2009. Konvensjonen samlar, supplerer og utdjupar dei internasjonale konvensjonane om statsborgarskap og har mellom anna som mål å fastsetje visse internasjonale prinsipp og standardar på området.

6.2.4 OECD

Forsking og analysar som relevante internasjonale organisasjonar og forum gjennomfører, er nyttige for Noreg. Det er av særleg interesse å kunne samanlikne situasjonen for innvandrarar og barna deira med situasjonen i land med ein tilnærma lik innvandringspolitikk, liknande datagrunnlag og innvandrarar frå dei same opphavslanda.

Working party on migration er ein underkomité til Komiteen for arbeid og sosiale spørsmål. Komiteen sine hovudoppgåver er å analysere utviklinga av migrasjonsstraumar, å analysere OECD-landa si politikkutvikling for internasjonal migrasjon og integrering av innvandrarar og å bidra til å utvikle samanliknbar internasjonal statistikk.

OECD har dei siste åra sett migrasjon høgt på dagsordenen og prøver i auka grad å kople arbeidet på migrasjonsfeltet nært saman med andre relevante fagområde, særleg utdanning, arbeidsmarknad, økonomi og utvikling. Gjennom arbeidet opp mot OECD får Noreg kunnskap om politikk i andre land og resultata av politikken, og innspel på norsk innvandrings – og integreringspolitikk. Ein meirverdi ved deltaking i migrasjonskomiteen er at også land utanfor Europa er medlem av OECD. Departementet vil i 2011 halde fram med å delta i OECDs migrasjonsgruppe og bidra til rapporteringa til OECDs publikasjon International Migration Outlook.

6.2.5 Global Forum on Migration and Development (GFMD)

Global Forum on Migration and Development (GFMD) er ein internasjonal, frivillig og open konsultasjonsprosess om politikk og praksis når det gjeld migrasjon og utvikling. Forumet blei lansert i Brussel i juli i 2007 og er ei oppfølging av dialogen i Generalforsamlinga i FN om migrasjon og utvikling i New York i september 2006. Forumet er uformelt og ikkje-bindande. Forumet har hatt tre møte der det har samla meir enn 150 regjeringar og internasjonale og frivillige organisasjonar. Tilknytinga til FN er sikra ved FNs spesialrepresentant for internasjonal migrasjon og utvikling, og ved å formidle konklusjonane frå diskusjonane til FNs generalsekretær. Det skal vere ein dialog på høgt nivå om migrasjon og utvikling under FNs generalforsamling i 2013. Fram til da vil det bli halde årlege møte i Mexico, Marokko og Spania. Utanriksdepartementet er knutepunkt i Noreg for arbeidet mot GFMD.

6.2.6 Metropolis

Metropolis er eit internasjonalt nettverk og forum mellom forskarar og brukarar omkring migrasjon, integrasjon av innvandrarar og etniske relasjonar. Forumet sitt mål er å vere ein møteplass for forskarar og brukarar og oppmuntre til politikkrelevant forsking og forskingsformidling om migrasjon, integrasjon av innvandrarar og etniske relasjonar.

Vel tjue land er med i forumet, som har eit styre der Noreg er med. Forumet arbeider gjennom ein årleg konferanse der mellom 700 og 1000 personar tek del. Konferansane går på omgang mellom deltakarane, og Noreg var vert for den 7. internasjonale Metropoliskonferansen i 2002. Den 15. internasjonale Metropoliskonferansen finn stad i Haag i Nederland 4.–8. oktober 2010 og har hovudtemaet Justice and Migration: Paradoxes of Belonging. Den 16. internasjonale Metropoliskonferansen blir arrangert på Asorane i 2011.

6.2.7 Transatlantic Council on Migration

Departementet har i perioden 2008 – 2010 teke del i Transatlantic Council on Migration, eit uformelt forum for diskusjonar om migrasjon mellom forskarar og politikarar frå Europa og Nord-Amerika. Rådet er drifta av Migration Policy Institute i Washington og arrangerer møte og seminar med ulike tema i tillegg til at det utarbeider ei rekkje notat og rapportar om ulike tema. Deltaking i rådet skjer i samarbeid med Justis- og politidepartementet.

6.2.8 Intergovernmental Consultations on Migration, Asylum and Refugees (IGC)

Intergovernmental Consultations on Migration, Asylum and Refugees (IGC) er eit uformelt forum for gjensidig informasjonsutveksling om migrasjon og integrering mellom styresmaktene i for tida 17 land. FNs høgkommissariat for flyktningar (UNHCR), International Organization for Migration (IOM) og EU-kommisjonen deltek også. I IGC utvekslar ein informasjon og byggjer opp kompetanse om asyl- og flyktningpolitikk og om statsborgarskap og andre spørsmål som gjeld integrering, mellom anna kvalifisering av og språkopplæring for innvandrarar. Det er Justis- og politidepartementet som har koordineringsansvaret for deltaking i forumet.

6.3 Samlivs- og likestillingsområdet

6.3.1 Norden

BLD deltek i Nordisk Ministerråd gjennom årlege ministerrådsmøte og dei tilhøyrande embetsmannskomiteane i

  • Ministerrådet for kjønnslikestilling (MR-JÄM)

  • Ministerrådet for sosial- og helse (MR-S)

  • Ministerrådet for lovsamarbeid (MR-LOV)

I tillegg tek BLD del i:

  • NB8 – Nordisk/Baltisk ministersamarbeid på kjønnslikestilling

  • NIKK – Nordisk kunnskapssenter for kjønnsforsking og likestilling

  • NVC – Nordisk velferdssenter

  • Det nordiske handikappolitiske rådet (NHR)

  • ei ekspertgruppe innan familierett

6.3.2 EU/EØS

BLD har ansvar for implementering av EØS-relevant regelverk, EØS-finansieringsordningane og saker gjennom ESAs overvaking av EØS-avtala, innanfor eige fagområde. BLD bidreg også til politikk- og regelverksutvikling innan EU, mellom anna gjennom deltaking i EUs rådgivande komité for likestilling og tilhøyrande ad hoc-grupper i tilknyting til komiteen, og i desse gruppene på EU- og EFTA-nivå:

  • EUs høgnivågruppe for ikkje-diskriminering

  • EUs høgnivågruppe for personar med nedsett funksjonsevne

  • EFTAs arbeidsgruppe for likestilling og ikkje- diskriminering

6.3.3 Europarådet

I Europarådssamarbeidet har Noreg dels rettslege forpliktingar som følgje av når det gjeld Europarådets konvensjonar, deriblant landrapporteringar, og dels politiske forpliktingar gjennom deltaking i Europarådets arbeid generelt og resolusjons- og konvensjonsarbeid spesielt. BLD deltek i og følgjer opp følgjande av Europarådets Ministerkonferansar:

  • CDCS (social cohesion)

  • CAHVIO (vald)

  • CDEG (kjønnslikestilling)

  • CHAPAH (nedsett funksjonsevne)

  • CJ-FA (ekspertkomité for familierett)

6.3.4 FN

Noreg er rettsleg forplikta til kontinuerleg å implementere rettane som er nedfelte i FN-konvensjonane som staten har slutta seg til og til å rapportere på implementeringa kvart fjerde år. BLD har det nasjonale koordineringsansvaret for implementering av Noreg sine forpliktingar i

  • FNs konvensjon mot alle former for diskriminering av kvinner

  • FNs konvensjon mot alle former for rasediskriminering

  • FNs konvensjon om rettar for personar med nedsett funksjonsevne (som førebels ikkje er ratifisert av Noreg)

  • FNs barnekonvensjon

I tillegg har BLD fagansvar for å bidra til implementering av og rapportering på FNs konvensjon om sivile og politiske rettar, som blir koordinert av Justis- og politidepartementet, og FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, som blir koordinert av Utanriksdepartementet. I tillegg bidreg BLD til Universal Periodic Review (UPR)-prosessen under FNs menneskerettsråd.

BLD deltek også i dei årlege møta i 3. komité i FNs generalforsamling, som dekkjer menneskerettsspørsmål knytte til likestilling og diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, barn mv. (Noregs deltaking i 3. komité blir koordinert av UD.) BLD har også oppfølgingsansvar for sentrale resolusjonar som er vedtekne i 3. komité eller i FNs tryggingsråd.

BLD deltek på dei årlege møta i FNs kvinnekommisjon, som er den politiske møteplassen for fagstatsrådar, sivilt samfunn og FN-organa. Avhengig av temaa for møta deltek BLD i FNs komité for økonomiske og sosiale spørsmål under FNs generalforsamling på dei årlege høgnivåmøta. Vidare deltek BLD i FNs sosialkommisjon, som arbeider med politikken for personar med nedsett funksjonsevne, når temaa på dagsordenen tilseier det.

6.3.5 OECD

BLD deltek i sentrale forskingsprosjekt innanfor OECD, mellom anna International Futures Programme: The Future of the Family to 2030.

6.3.6 Haag-konvensjonar (internasjonal privatrett)

BLD deltek i arbeidet med utvikling, oppfølging og implementering av ei rekkje Haag-konvensjonar innanfor internasjonal barne- og familierett.

6.4 Forbrukarområdet

6.4.1 Norden

I samband med at Ministerrådet for forbrukarspørsmål (MR-Konsument) blei lagt ned frå 1. januar 2006, vedtok forbrukarministrane å vidareføre samarbeidet på uformelt plan og å etablere Embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid på forbrukarområdet (NordKons).

Samarbeidet i NordKons har hovudfokus på informasjons- og erfaringsutveksling.

I tillegg har Noreg delteke i eit samarbeid mellom nordiske land og Estland om eit måldokument for forbrukarundervisning (ferdig i oktober 2009), og i eit arbeid for å fremme nettverksbygging og relevant prosjektarbeid mellom aktørar i Norden som er opptekne av forbrukarspørsmål.

6.4.2 EU/EØS

Dei viktigaste oppgåvene er knytte til EØS-avtala, og til målet om størst mogleg deltaking i aktivitetar for å påverke utforming av regelverk og politikk. Gjennom EFTAs arbeidsgruppe for forbrukarpolitikk har departementet eit nært samarbeid med EU-kommisjonen og kan sikre deltaking i arbeidsgrupper, ekspertmøte og liknande. BLD tek aktivt del i det omfattande arbeidet med den gjennomgripande revisjonen av EU-regelverket for forbrukarvern og særleg forslaget til direktiv om forbrukarrettar som blei lagt fram i oktober 2008. Mellom anna blei det lagt fram ei felles EFTA/EØS-fråsegn i mars 2009, og det blir vurdert ei ny fråsegn i 2010.

Noreg tek del i EU-kommisjonen sitt rammeprogram for forbrukarpolitikk og i den rådgivande komiteen som drøfter løyvingar og aktivitetar som blir finansierte under programmet. Noreg deltek òg i det europeiske nettverket (ECC-Net) for nasjonale forbrukarkontor. Kontora gir forbrukarane informasjon i samband med handel i og frå andre land og hjelp i tvistar som spring ut av kjøp over grensene. Kontora samarbeider også om å kartleggje og løyse forbrukarproblem på den indre marknaden.

6.4.3 OECD

Departementet tok del i dei to halvårlege møta i Komiteen for forbrukarpolitikk (Committee on Consumer Policy) i OECD. Komiteen er det sentrale organet for samarbeid om forbrukarpolitiske spørsmål av global karakter (elektronisk handel og andre saker der samarbeid over kontinentgrensene er nyttig og viktig).

6.5 Barne- og ungdomsområdet

6.5.1 Nordisk samarbeid

Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) er viktig for Nordisk Ministerråds samordning av innsatsen retta mot barn og unge i dei nordiske landa og sjølvstyrte områda. BLD representerer Noreg i denne komiteen.

Departementet er, saman med Helse- og omsorgsdepartementet, medlem i Embetsmannskomiteen for helse- og sosialsaker i Norden. Utsette barn og unge og barnevern er del av komiteens ansvarsfelt.

6.5.2 Barentssamarbeidet

Noreg vil ha formannskapet i Barentsrådet frå hausten 2011.

Barentsrådet si arbeidsgruppe på det ungdomspolitiske området har mellom anna etablert eit kontor for informasjon og rettleiing i Murmansk. Kontoret er finansiert i fellesskap av Russland, Finland, Sverige og Noreg. Kontorets hovudoppgåve er å formidle kontakt mellom organisasjonar og ungdomsgrupper i regionen, informere om høva til å finansiere felles prosjekt, aktivitetar og utvekslingar mellom landa og hjelpe til med gjennomføringa av prosjekt og aktivitetar, spesielt med omsyn til visumsøknader. Kontoret er årleg involvert i om lag 30 prosjekt og tiltak.

BLD er medlem i Barentsrådet si arbeidsgruppe for helse- og sosialsaker og Barents Helseprogram, som vurderer prosjektsøknader på helse-, sosial- og barneområdet i Nordvest-Russland. Children and Youth at Risk in the Barents region (CYAR) er eit delprogram under Barents Helseprogram som blei vedteke i 2008 av Barentsrådet si arbeidsgruppe for helse- og sosialsaker.

Dei fire hovudaktivitetane i CYAR-prosjektet er

  • utvikling av ein situasjonsoversikt over utsette barn og unge i Barentsregionen

  • utveksling av ekspertkunnskap ved hjelp av årlege ekspertkonferansar

  • kompetansedeling på utvalde metodar og program med dokumentert effekt, ved hjelp av opplæringskurs og seminar for fagfolk som arbeider med målgruppene

  • informasjon og nettverksbygging ved etablering av ei funksjonell og regelmessig oppdatert nettside.

Noreg har formannskapet for barneprogrammet i 2010, og Bufetat, region nord, vil handsame dette formannsskapet.

6.5.3 Austersjøsamarbeidet

Noreg har formannskapet i Austersjørådet fram til 1. juli 2011.

Departementet leiar arbeidsgruppa om samarbeidet innanfor det ungdomspolitiske området. Formålet med denne gruppa er å sikre informasjon og utveksling av kunnskap om og for ungdom i regionen.

Medlemslanda i Austersjørådet skal halde fram med samarbeid og aktivitetar knytte til utsette barn og unge i ei eiga ekspertgruppe i Austersjørådet (EGCC). I formannskapet skal departementet, i samarbeid med Justis- og politidepartementet, arbeide med problema knytte til menneskehandel, særleg når det gjeld barn.

6.5.4 EU/EØS

EU sitt ungdomsprogram, Aktiv ungdom, vil verke i perioden 2007–2013. Programmet er innlemma i EØS-avtala. Det gir ungdom i Noreg høve til auka deltaking i internasjonalt samarbeid. Bufdir er nasjonalt kontor for gjennomføringa av dei desentraliserte delane av programmet (sjå nærmare omtale under kap 859, EUs ungdomsprogram).

Det er etablert eit nytt rammeverk for EU sin ungdomspolitikk for åra 2010–2018. Vedtaket inneber at EU legg vekt på ein sterkare tverrsektoriell struktur i arbeidet sitt, som byggjer på å skape fleire høve for ungdom, skape betre tilgang og deltaking og fremme solidaritet.

Ordninga med finansiell stønad til dei nye medlemslanda frå EFTA/EØS-landa og Noreg blei fornya med verknad frå 1. mai 2009 og gjeld for ein periode på fem år. Innanfor ramma av dei prioriterte områda vil departementet arbeide for at prosjekt og tiltak som er med på å betre levekåra til barn og ungdom og styrkje det sivile samfunnet, får tilskot frå stønadsordninga.

6.5.5 Europarådet

BLD deltek i styringskomiteen for ungdomspolitikk som del av strukturen innanfor Europarådet.

Særs viktige instrument for utvikling av Europarådets ungdomspolitikk er dei to ungdomssentera i Strasbourg og Budapest og Det europeiske ungdomsfondet, som støttar prosjekt drivne av og for ungdom i regi av deira organisasjonar.

I dei siste åra er det utvikla eit samarbeid mellom Europarådet og Europakommisjonen om enkelte spørsmål innanfor ungdomspolitikken. Det er særleg lagt vekt på å utvikle betre kunnskap om ungdom og samarbeid om leiarutdanning. Eit anna viktig tiltak er etableringa av European Knowledge Centre, som er under oppbygging med data frå ei rekkje europeiske land.

7 Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga

7.1 Forord

Integrering og inkludering er eit langsiktig arbeid. For å vite om vi er på rett veg, er det viktig å følgje med på utviklinga. Derfor rapporterer regjeringa årleg på 17 konkrete mål for inkludering. Måla skal også gi eit grunnlag for å sjå om politikken og verkemidla fungerer slik dei er meint. Kvart mål blir følgt av éin eller fleire indikatorar. Desse skal gi informasjon om utviklinga mot målet. Dei ansvarlege departementa rapporterer, i tråd med prinsippet om sektoransvar, årleg på måloppnåinga i statsbudsjettet i sine eigne budsjettproposisjonar. Dette er det sjette året på rad at det blir rapportert på måla.

Rapporteringa på Mål for inkludering gir oss eit bilete av utviklinga. Samstundes er det viktig å vere merksam på at rapporteringa på måla ikkje gir eit fullstendig bilete av tilstanden, og at det kan vere fleire årsaker til at situasjonen endrar seg i positiv eller negativ retning. Endringane i samansetjinga av innvandrarbefolkninga, til dømes kor mange som kjem som arbeidsinnvandrarar, og kor mange som er flyktningar, kan vere sentrale faktorar som forklarer endringar i måloppnåing. Det same gjeld kor mange som har kort eller lang butid i landet. EU-landa har også starta eit arbeid for å utvikle felles indikatorar for integrering, og Noreg vil medverke med sine erfaringar i dette arbeidet.

Rapporteringa frå dei ansvarlege departementa syner mellom anna at det har vorte vanskelegare for mange innvandrarar å komme inn i på arbeidsmarknaden. Samstundes er auka i arbeidslause blant innvandrarar den same som auka i samla arbeidslause.

Det har vore ein auke i talet på minoritetsspråklege barn i barnehagar dei siste åra. For femåringar er delen minoritetsspråklege nesten like høg som for alle barn.

Det er positivt å sjå at valdeltakinga i 2009 auka blant veljarar med afrikansk, iransk, irakisk og pakistansk bakgrunn, sjølv om gjennomsnittleg deltaking blant innvandrar er på same nivå som i 2005.

Det er også positivt at det har vore ein jamn stigning i delen tilsette i politi- og påtalemakta med innvandrarbakgrunn.

7.2 Samla oversikt over måla og ansvarleg departement

7.2.1 Arbeid og velferd (Arbeidsdepartementet)

  • Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre får i aukande grad tilknyting til arbeidsmarknaden, kontrollert for forholda i arbeidsmarknaden.

  • Delen innvandrarar med vedvarande låg inntekt skal minke ned mot nivået for befolkninga generelt.

7.2.2 Utdanning og oppvekst (Kunnskapsdepartementet)

  • Talet på barn med innvandrarbakgrunn som går i barnehagar aukar.

  • Medverke til å få fleire førskolelærarar med innvandrarbakgrunn.

  • Barn og unge med innvandrarbakgrunn skal beherske norsk språk så tidleg som mogleg i skolegangen for å sikre eit godt læringsutbyte.

  • Delen norskfødde med innvandrarforeldre som fullfører vidaregåande opplæring skal tilsvare delen for befolkninga totalt.

  • Delen innvandrarar som kom til landet i ungdomsskole- eller vidaregåande alder, og som fullfører vidaregåande opplæring, skal auke.

  • Delen tilsette i grunnskolen og vidaregåande opplæring med innvandrarbakgrunn skal auke.

7.2.3 Barnevern og språk (Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet)

  • Medverke til å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta.

  • Vaksne innvandrarar skal lære tilstrekkeleg norsk til å fungere i samfunnet i løpet av dei første fem åra dei bur i landet.

7.2.4 Helse og omsorg (Helse- og omsorgsdepartementet)

  • Helseforskjellane mellom etniske grupper skal reduserast.

7.2.5 Politi, kriminalomsorg og rettsvesen (Justis- og politidepartementet)

  • Ein skal sikte mot ein auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta og i kriminalomsorga.

  • Ein skal arbeide for å auke delen lekdommarar med innvandrarbakgrunn.

7.2.6 Val og bustad (Kommunal- og regionaldepartementet)

  • Delen personar med innvandrarbakgrunn og stemmerett som deltek ved kommunestyreval, fylkestingsval og stortingsval skal tilsvare valoppslutninga samla.

  • Innvandrarar skal sikrast trygge butilhøve og unngå utstøyting i bustadmarknadene.

7.2.7 Kultur og media (Kulturdepartementet)

  • Auka deltaking og auka delen aktive utøvarar med innvandrarbakgrunn innanfor kultur- og mediesektoren.

7.2.8 Staten som arbeidsgivar (Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet)

  • Delen personar med innvandrarbakgrunn blant tilsette i staten skal auke.

7.3 Arbeid og velferd

7.3.1 Mål

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre får i aukande grad tilknyting til arbeidsmarknaden, kontrollert for forholda i arbeidsmarknaden.

7.3.2 Indikatorar

  • Del sysselsette innvandrarar.

  • Del tiltaksdeltakarar som er innvandrarar, samanlikna med delen innvandrarar blant registrerte ledige.

  • Del arbeidsledige norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med innvandrarar og befolkninga totalt.

  • Del sysselsette norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med innvandrarar og befolkninga totalt.

  • Del sysselsette innvandrarar med heiltidsstilling.

  • Del sysselsette innvandrarar med deltidsstilling.

Fram til sommaren 2008 var det ei positiv utvikling i situasjonen på arbeidsmarknaden, med høg etterspørsel etter arbeidskraft. Etter dette og fram til våren 2009 var situasjonen på arbeidsmarknaden prega av ein sterk nedgangskonjunktur både i Noreg og internasjonalt, og arbeidsløysa auka raskt ein periode. Etter våren 2009 har auken i arbeidsløysa vore svært moderat. I mai var det ein sesongkorrigert reduksjon i den registrerte arbeidsløysa. Etter sommaren 2008 har delen av befolkninga 15 – 74 år som er sysselsett blitt redusert frå 72,4 til 69,5 prosent. Trass i aukande arbeidsløyse og avgang frå arbeidsstyrken under finanskrisa i 2008 og 2009, har Noreg framleis ein stor delen av befolkninga sysselsett. Noko av nedgangen i sysselsettingsraten må òg sjåast i samanheng med at det er blitt ein større delen eldre blant personar i arbeidsdyktig alder. Det er viktig å unngå at dagens nedgangskonjunktur fører til ein sterk auke i arbeidsløysa for innvandrarar, jf. resultatområde 4, delmål 2.2 i Prop. 1 S (2010–2011) for Arbeidsdepartementet.

7.3.3 Status

I perioden fjerde kvartal 2008 til fjerde kvartal 2009 gjekk sysselsetjinga blant innvandrarar ned med 2,5 prosentpoeng. Målt i tal personar har sysselsetjinga auka med 10 000 blant innvandrarar frå 2008 til 2009. Talet på innvandrarar har likevel auka sterkare slik at delen sysselsette har falle meir for innvandrarar enn for heile befolkninga i yrkesaktiv alder. Det er personar med bakgrunn frå Afrika og Asia som har opplevd den største nedgangen i delen sysselsette frå fjerde kvartal 2008 til fjerde kvartal 2009. Redusert sysselsettingsdelen og auka arbeidsløyse tyder på at krisa har gjort det vanskelegare for mange innvandrarar å komme inn på arbeidsmarknaden.

Auken i arbeidsløyse blant innvandrarar har i store trekk følgt utviklinga i samla arbeidsløyse. Frå fjerde kvartal 2008 til fjerde kvartal 2009 auka arbeidsløysa for innvandrarar frå 4,7 til 6,8 prosent Arbeidsløysa blant denne gruppa blir påverka av konjunkturar om lag som for andre arbeidstakarar, og prosentdelen arbeidslause innvandrarar er framleis om lag tre gonger så høg som for befolkninga i alt. Arbeidsløysa har auka klart mest blant personar frå EU-land i Aust-Europa sidan våren 2008. Ein viktig grunn til dette er at mange av desse arbeidde i konjunkturfølsame bransjar som bygg- og anlegg og industri.

Ved utgangen av mai 2010 utgjorde innvandrarane 39,33 pst. av dei ordinære tiltaksdeltakarane (Kjelde: SSB). Til samanlikning utgjorde dei 29,33 pst. av alle registrerte arbeidsledige. Arbeidsløysa blant norskfødde med innvandrarforeldre har auka noko meir enn arbeidsløysa for innvandrarar generelt når ein ser på tal per fjerde kvartal 2009. Norskfødde med innvandrarforeldre har framleis lågare arbeidsløyse enn innvandrarar, men høgare arbeidsløyse enn befolkninga i alt. Delen sysselsette norskfødde med innvandrarforeldre er lågare enn for innvandrarar og har blitt redusert frå 2008 til 2009. At sysselsettingsdelen for denne gruppa er lågare enn for innvandrarar, kan ha samanheng med at mange norskfødde med innvandrarforeldre er unge og går på skole.

Blant sysselsette innvandrarar arbeidde 71,4 prosent heiltid per fjerde kvartal 2009, mens 28,6 prosent arbeidde deltid. I befolkninga i alt var 72,6 prosent registrert med heiltidsarbeid, mens 27,4 prosent arbeidde deltid. For nærmare omtale av indikatorane, sjå resultatområde 2 Arbeid og velferd i Prop. 1 S (2010-2011) for Arbeidsdepartementet.

Tabell 7.1 Indikatorar for arbeidsløyse, sysselsetjing og tiltaksdeltaking blant innvandrarar. Prosent.

Indikator

4. kvartal 2008

4. kvartal 2009

Prosentdelen arbeidsledige innvandrarar

4,7

6,8

Prosentdelen sysselsette innvandrarar

64,2

61,7

Prosentdelen tiltaksdeltakarar som er innvandrarar, samanlikna med delen innvandrarar blant registrerte ledige

40,6 (26 prosent av reg. ledige)

37,5 (27,5 prosent av reg. ledige)

Prosentdelen arbeidsledige norskfødde med innvandrarforeldre, samanlikna med befolkninga totalt

2,9 (befolkninga totalt 1,8)

4,8 (befolkninga totalt 2,6)

Prosentdelen sysselsette norskfødde med innvandrarforeldre

57,9

53,6

Prosentdelen sysselsette innvandrarar med heiltidsstilling

71,2

71,4

Prosentdelen sysselsette innvandrarar med deltidsstilling

28,8

28,6

7.3.4 Mål

Delen innvandrarar med vedvarande låg inntekt skal minke ned mot nivået for befolkninga generelt.

7.3.5 Indikatorar

  • Del innvandrarar med vedvarande låg inntekt samanlikna med befolkninga sett under eitt.

  • Del barn under 18 år med innvandrarbakgrunn som lever i husstandar med vedvarande låg inntekt, samanlikna med alle barn.

Innvandrarar, og særleg innvandrarar med landbakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa er betydeleg overrepresenterte i fleire typiske låginntektsgrupper, slik som unge, einslege, einslege forsørgjarar, par med små barn og familiar med tre eller fleire barn. Dette må ein mellom anna sjå i lys av at sysselsetjinga blant innvandrarar frå dei nemnde gruppene er vesentleg lågare enn for befolkninga elles. Men det er òg store skilnader i låginntekt etter innvandringsland og butid.

7.3.6 Status

Sidan første periode med måling av vedvarande låg inntekt (1997–1999), auka delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låg inntekt fram til treårsperioden 2003–2005. For perioden 2004–2006 var det ein nedgang i delen med låg inntekt i desse gruppene, særleg for personar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa. Delen av innvandrarbefolkninga med låg inntekt har etter dette halde seg relativt stabil. Målt ved 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala) var 17 prosent av alle innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre registrert med vedvarande låg inntekt i treårsperioden 2006-2008, mens delen for personar med landbakgrunn frå Asia, Afrika og Latin-Amerika og Aust-Europa var 20 prosent. Tilsvarande del målt ved 60 prosent av medianinntekta (EU-skala) var høvesvis 26 og 31 prosent. Delen med vedvarande låg inntekt i befolkninga1 som heilskap i same periode (2006-2008) var hv. 3,2 prosent (50 prosent av medianinntekta, OECD-skala) og 8,2 prosent (60 prosent av medianinntekta, EU-skala). Dette er ein liten auke frå føregåande treårsperiode. Innvandrarar står for ein stor del av auken i gruppa med vedvarande låg inntekt. Delen innvandrarar med vedvarande låg inntekt er framleis på eit høgt nivå.

Mange av innvandrarane med langvarig låg inntekt har komme til Noreg dei siste åra. Blant dei som var registrerte med vedvarande låg inntekt målt ved 60 prosent av medianinntekta (EU-skala) i 2006–2008, hadde over halvparten innvandra i åra mellom 2000 og 2006.

Tabell 7.2 Delen personar med vedvarande låg inntekt

OECD-definisjon (50 prosent)

1997-1999

1999-2001

2000-2002

2001-2003

2002-2004

2003-2005

2004-2006

2005-2007

2006-2008

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i alt

12

11

16

16

18

19

17

17

17

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre frå Asia, Afrika, Latin- Amerika og Aust-Europa

15

16

21

22

24

24

20

20

20

Befolkning totalt, ikkje medrekna aleinebuande studentar

1,9

1,8

2,1

2,4

3,0

3,0

2,9

3,0

3,2

EU-definisjon (60 prosent)

1997-1999

1999-2001

2000-2002

2001-2003

2002-2004

2003-2005

2004-2006

2005-2007

2006-2008

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i alt

23

19

25

25

29

29

27

27

26

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre frå Asia, Afrika, Latin- Amerika og Aust-Europa

28

23

31

30

37

35

32

32

31

Befolkninga totalt, ikkje medrekna aleinebuande studentar

8,1

7,8

8,1

7,9

8,5

7,9

7,9

8,1

8,2

Kjelde: SSB

I treårsperioden 2006-2008 levde i overkant av kvart fjerde barn under 18 år med innvandrarbakgrunn i husstandar med vedvarande låg inntekt målt ved 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala). Dette tilsvarer 23 000 barn. Målt ved 60 prosent av medianinntekta (EU-skala) levde om lag 36 prosent av barna med innvandrarbakgrunn i husstandar med låg inntektshusstandar. Dette tilsvarer 30 000 barn. Delen barn i familiar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa i husstandar med låg inntektshusstandar er endå noko høgare. Til samanlikning høyrte høvesvis 5,0 og 7,6 prosent av alle barn til husstandar med vedvarande låg inntekt i same periode. Ettersom innvandrarbefolkninga aukar, aukar òg talet på barn med innvandrarbakgrunn i husstandar med låg inntekt.

Tabell 7.3 Delen barn under 18 år som lever i husstandar med vedvarande låg inntekt

OECD-definisjon (50 prosent)

EU-definisjon (60 prosent)

2004-2006

2005-2007

2006-2008

2004-2006

2005-2007

2006-2008

Barn som er innvandrarar eller er norskfødde med innvandrarforeldre

26,4

27,1

27,6

35,5

36,4

36,4

Barn som er innvandrarar eller er norskfødde med innvandrarforeldre frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa

27,8

28,6

29,1

37,5

38,3

38,2

Alle barn

4,4

4,7

5,0

7,0

7,3

7,6

Kjelde: SSB

Blant innvandrarbefolkninga er det ein noko høgare del menn enn kvinner med vedvarande låg inntekt. Dette gjeld for begge målemetodane for låg inntekt. Sett for befolkninga under eitt har ein noko høgare del kvinner låg inntekt når låginntektsgrensa blir sett til 60 prosent av medianinntekta (EU-skala), medan det er ein marginalt høgare del av menn med låg inntekt ved 50 prosent av medianinntekta (OECD-skala).

Låg inntekt er i stor grad knytt til manglande eller lita tilknyting til arbeidslivet. Delen personar som tilhører ein husstand utan nokon yrkestilknytte er høgare i innvandrarbefolkninga, og spesielt blant innvandrarar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa, enn i befolkninga som heilskap. Sjå ovanfor om innvandrarar si deltaking på arbeidsmarknaden.

Sentrale innsatsområde i handlingsplanen mot fattigdom er tiltak for at det skal vere mogleg for alle å komme i arbeid, tiltak for at alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg og tiltak for å betre levekåra for dei som har det vanskelegast. Innvandrarar og barn i innvandrarhusstandar er målgrupper for innsatsen. Sjå omtale av handlingsplan mot fattigdom i Prop. 1 S (2010-2011) for Arbeidsdepartementet.

7.4 Utdanning og oppvekst

7.4.1 Mål

Talet på barn med innvandrarbakgrunn som går i barnehagar aukar.

7.4.2 Indikator

  • Del minoritetsspråklege barn i barnehage samanlikna med delen barn i barnehage samla.2

Minoritetsspråklege barn kan ha særskilde språklege utfordringar fordi dei både lærer seg morsmålet sitt og norsk. Språkleg forståing opnar for sosiale fellesskap, og barnehagen er derfor ein viktig integrerings- og språkopplæringsarena for minoritetsspråklege barn i førskolealder. Målretta språkstimuleringstiltak i førskolealder vil kunne bidra til ein betre skolestart for barn som ikkje har norsk som morsmål, og vil på sikt auke barna si deltaking på alle samfunnsarenaer. Sjå Prop. 1 S (2010–2011) for Kunnskapsdepartementet, programkategori 07.30 Barnehager.

7.4.3 Status

I 2009 var det 25 079 barn med minoritetsspråkleg bakgrunn i barnehage. Dette er ein auke på om lag 2 900 minoritetsspråklege barn sidan 2008.

Ved utgangen av 2009 hadde om lag 71 prosent av alle minoritetsspråklege barn i aldersgruppa eitt til fem år barnehageplass. På same tidspunkt hadde om lag 89 prosent av alle barn i aldersgruppa barnehageplass.

Tabell 7.4 Delen minoritetsspråklege barn i barnehage og delen barn i barnehage av befolkninga totalt 2007−2009. Prosent

2007

2008

2009

Minoritetsspråklege barn

Barn totalt

Minoritetsspråklege barn

Barn totalt

Minoritetsspråklege barn

Barn totalt

1-åringar

25

60

30

66

33

69

2-åringar

43

79

48

84

55

86

3-åringar

72

92

76

94

81

95

4-åringar

86

95

91

96

92

97

5-åringar

90

96

93

97

95

97

1-5 år

63

84

67

87

71

88

Kjelde: SSB og Kunnskapsdepartementet

Det har vore ein positiv auke i talet på minoritetsspråklege barn i barnehage dei seinare åra. Frå 2008 til 2009 auka delen av minoritetsspråklege barn i barnehage med 4 prosentpoeng, frå 67 til 71 prosent. Tilsvarande del var 54 prosent for 2005. For femåringar er delen minoritetsspråklege barn med plass i barnehage 95 prosent og for fireåringar 92 pst i 2009. Tal for deltaking i barnehage for alle barn i desse aldersgruppene er 97 prosent. Delen minoritetsspråklege barn i alderen eitt til to år i barnehage er framleis låg (33 og 55 prosent, mot høvesvis 69 og 86 prosent av alle eitt- og toåringane), men delen er aukande i forhold til fjoråret med ein vekst på tre prosentpoeng for eittåringar og sju prosentpoeng for toåringar.

7.4.4 Mål

Medverke til å få fleire førskolelærarar med innvandrarbakgrunn.

7.4.5 Indikatorar

  • Del førskolelærarar med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnehagane.

  • Del studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli førskolelærarar.

Personalet i barnehagen har ei viktig rolle som førebilete for barna og kultur- og verdiformidling i barnehagen skjer i vesentleg grad gjennom personalet. Personalet i barnehagen bør derfor representere det same mangfaldet som barna, både når det gjeld landbakgrunn og kjønn. Sjå Prop. 1 S (2010–2011) for Kunnskapsdepartementet, programkategori 07.30 Barnehager.

7.4.6 Status

Ved utgangen av 2009 var det 1 348 førskolelærarar med innvandrarbakgrunn med jobb i barnehage, mot 1 132 i 2008. 2009 utgjorde dette 4,9 prosent av alle førskolelærarar i barnehagane. I 2008 var delen 4,3 prosent.

Hausten 2009 hadde 6,1 prosent av studentane i førskolelærarutdanninga innvandrarbakgrunn. Det er ein nedgang frå 6,4 prosent i 2008. Sjølv om delen går ned, har talet på studentar med innvandrarbakgrunn så vidt auka.

Tabell 7.5 Talet på prosentdel førskolelærarar med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnehage 2006-2008

2007

2008

2009

Tal

Delen

Tal

Delen

Tal

Delen

925

3,8

1 132

4,3

1 348

4,9

Kjelde: SSB

I dag står ikkje delen førskolelærarar med innvandrarbakgrunn i eit rimeleg forhold til delen minoritetsspråklege barn i barnehage, som er på 9,3 prosent. Dei siste åra har det vore ein svak auke i delen førskolelærarar med innvandrarbakgrunn. Det er òg ei positiv utvikling i rekrutteringa til førskolelærarutdanninga. Dagens del på 6,1 prosent, er meir enn ei dobling av del frå 2000, då 2,9 prosent av førskolelærarstudentane hadde innvandrarbakgrunn.

7.4.7 Mål

Barn og unge med innvandrarbakgrunn skal beherske norsk språk så tidleg som mogleg i skolegangen for å sikre eit godt læringsutbyte.

7.4.8 Indikatorar

  • Del barn og unge med innvandrarbakgrunn som får særskilt norskopplæring.

  • Resultat frå nasjonale prøver i lesing og matematikk på 5. og 8. trinn for barn med innvandrarbakgrunn, samanlikna med elevgruppa som heilskap.

7.4.9 Status

Av i alt 615 927 elevar i grunnskolen skoleåret 2009-2010, fekk 41 674 elevar særskilt norskopplæring. Det tilsvarer 6,8 prosent av elevane. Det er dei siste fem åra ein svak auke i delen elevar som får særskilt norskopplæring. Delen er avtakande med aukande årstrinn, frå 8,7 prosent av elevane på 1. trinn til 4,6 prosent av elevane på 10. trinn. Dette indikerer at mange av elevane går over til ordinær læreplan i norsk i løpet av grunnskolen, då talet på elevar med innvandrarbakgrunn er jamt fordelt på dei ulike trinna. Det er stor stabilitet over tid i delen som får særskilt språkopplæring.

Som tabellen under viser, fekk om lag 69 prosent av elevane med innvandrarbakgrunn i grunnskolen særskilt norskopplæring skoleåret 2009-2010. Dette er ein liten nedgang frå året før. Delen har halde seg relativt stabil over tid.

Tabell 7.6 Del elevar som får særskilt norskopplæring av elevar med innvandrarbakgrunn. Prosent

Skoleår

Delen

2005-2006

75

2006-2007

71

2007-2008

71

2008-2009

73

2009-2010

69

Kjelde: GSI og SSB

Nasjonale prøver i lesing og rekning blei gjennomført i 2008 og 2009 for alle elevar på 5. og 8. trinn. Elevane blir fordelte på tre og fem nivå for høvesvis 5. og 8. trinn med utgangspunkt i poengsummen på prøvene. Resultata frå prøvene viser at innvandrarar har den største delen elevar med dei svakaste prestasjonane, deretter følgjer norskfødde med innvandrarforeldre. Elevar med norsk bakgrunn har den største delen elevar på høgaste meistringsnivå og langt færre på lågaste meistringsnivå. Forskjellane mellom elevar med innvandrarbakgrunn og norsk bakgrunn er større på 8. trinn enn dei er på 5. trinn.

Ein del av prestasjonsforskjellane mellom elevar med innvandrarbakgrunn (innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre) og elevar med norsk bakgrunn, reflekterer at elevar med innvandrarbakgrunn i gjennomsnitt har foreldre med lågare utdanning og inntekt enn gjennomsnittet av elevar med norsk bakgrunn.

Tabell 7.7 Fordelinga av elevane på tre meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i lesing og i rekning på 5. trinn etter innvandrarbakgrunn i 2007 og 2008. Prosent

Lesing 5. trinn

Rekning 5. trinn

År:

2008

2009

År:

2008

Meistringsnivå:

1

2

3

1

2

3

1

2

3

1

2

3

Innvandrarar

46

42

12

48

40

11

46

41

13

44

40

15

Norskfødde med innvandrarforeldre

43

43

14

44

44

13

46

41

13

38

44

18

Alle foreldre

25

49

27

27

50

24

27

49

24

27

47

26

Kjelde: SSB/Statistikkbanken

I tabellen over ser ein elevane sine resultat i lesing på dei nasjonale prøvene på 5. trinn fordelt på meistringsnivåa 1-3, der nivå 3 er dei som presterer best. Det er 12 prosentpoengs forskjell i lesing mellom innvandrarar og elevgruppa som heilskap i delen som oppnår meistringsnivå 3 i 2009. Dette er ein nedgang frå 2008 der forskjellen var på 15 prosent. I rekning er forskjellen mellom innvandrarar og elevgruppa som heilskap som oppnår skår på nivå 3 noko mindre, med 12 prosent forskjell i 2008 og 10 i 2009. Norskfødde med innvandrarforeldre presterer noko høgare på prøvene på 5. trinn enn innvandrarar, men også desse presterer langt svakare enn elevar med norsk bakgrunn.

Tabell 7.8 Fordelinga av elevane på fem meistringsnivå på dei nasjonale prøvene i lesing og rekning på 8.trinn etter innvandringsbakgrunn i 2007 og 2008. Prosent

Lesing 8. trinn

År:

2008

2008

Meistringsnivå:

1

2

3

4

5

1

2

3

4

5

Innvandrarar

28

33

28

8

3

30

31

27

8

3

Norskfødde med innvandrarforeldre

17

30

36

13

4

17

32

36

11

4

Alle elevar

7

18

39

24

12

8

20

41

21

10

Rekning 8. trinn

År:

2008

2009

Meistringsnivå:

1

2

3

4

5

1

2

3

4

5

Innvandrarar

18

32

34

12

4

14

29

37

13

7

Norskfødde med innvandrarforeldre

11

28

40

14

7

9

23

42

18

9

Alle elevar

5

18

43

22

11

7

20

41

20

12

Kjelde: SSB/Statistikkbanken

I tabellen over ser ein resultata til elevane i lesing og rekning på dei nasjonale prøvene på 8. trinn fordelt på meistringsnivåa 1-5, der nivå 5 er dei som presterer best. Det er 20 prosentpoengs forskjell i lesing mellom innvandrarar og elevgruppa som heilskap i delen som oppnår meistringsnivå 4 og 5 i 2009. Dette er ein nedgang på 4 prosent frå 2008. Forskjellen i lesing er langt større på 8. trinn enn på 5. trinn. I rekning er forskjellen mellom innvandrarar og elevgruppa som heilskap som har skår på nivå 4 og 5 også på 8. trinn noko mindre enn i lesing, med 17 prosentpoengs forskjell i 2008 og 13 i 2009. Norskfødde med innvandrarforeldre presterer òg svakare enn elevar med norsk bakgrunn, men forskjellen mellom norskfødde med innvandrarforeldre og elevgruppa som heilskap har blitt synleg redusert i rekning frå 2008 til 2009, frå 11 til 5 prosentpoeng. I lesing har avstanden auka, frå 11 til 16 prosentpoeng.

7.4.10 Mål

Delen norskfødde med innvandrarforeldre som fullfører vidaregåande opplæring skal tilsvare delen for befolkninga totalt.

7.4.11 Indikatorar

  • Del norskfødde med innvandrarforeldre med direkte overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring, samanlikna med årskullet som heilskap.

  • Del norskfødde med innvandrarforeldre som oppnår full yrkes- eller studiekompetanse i løpet av fem år etter avslutta grunnskole, samanlikna med årskullet som heilskap.

Regjeringa har som mål at flest mogleg fullfører vidaregåande opplæring, då dette gjer fattigdom og marginalisering resten av livet mindre sannsynleg.

7.4.12 Status

Tabellen under viser at 96 prosent av norskfødde med innvandrarforeldre som gjekk ut av grunnskolen våren 2009, gjekk direkte over til vidaregåande opplæring skoleåret 2009–2010. I 2008 var delen norskfødde med innvandrarforeldre og delen elevar totalt med direkte overgang like høg. Det er ein svak auke på 1 prosent frå 2008 til 2009 for elevgruppa som heilskap, mens delen norskfødde elevar med innvandrarforeldre med direkte overgang har halde seg stabil.

Tabell 7.9 Direkte overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Delen av innvandrarar1, norskfødde med innvandrarforeldre og heile elevgruppa. Prosent

Avslutta grunnskole

Innvandrarar

Norskfødde med innvandrarforeldre

Alle elevar

2004-2005

95

97

2005-2006

97

97

2006-2007

83

97

96

2007-2008

80

96

96

2008-2009

80

96

97

1 Tal på delen innvandrarar for 2004-2005 og 2005-2006 ligg ikkje føre

Kjelde: SSB

Tabellen under viser at forskjellen mellom norskfødde med innvandrarforeldre og resten av befolkninga når det gjeld delen som oppnår full yrkes- eller studiekompetanse i løpet av fem år etter avslutta grunnskole, har blitt vesentleg mindre dei siste fire åra. Dette kjem av at det har vore ein jamn auke i delen norskfødde med innvandrarforeldre som fullfører og består vidaregåande opplæring i løpet av fem år, mens det for andre norskfødde elevar har vore ein nedgang.

Tabell 7.10 Delen som avslutta grunnskolen 1999–2002, som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år

Fullført og bestått

Avslutta grunnskole

Norskfødde med innvandrarforeldre

Alle elevar

1999-2000

64

69

2001-2002

66

67

2003-2004

66

67

Kjelde: SSB

Ser ein eksplisitt på delen norskfødde med innvandrarforeldre frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania med unntak av Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS, er det framleis ein vesentleg lågare delen (ca. 10 prosentpoeng) av desse elevane som fullfører og består i løpet av høvesvis fem eller seks år etter skolestart samanlikna med dei med norsk bakgrunn.(Kjelde: Utdanningsspeilet 2008).

7.4.13 Mål

Delen innvandrarar som kom til landet i ungdomsskole- eller vidaregåande alder, og som fullfører vidaregåande opplæring, skal auke.

7.4.14 Indikator

  • Del innvandrarar som kom til landet som 13- og 16- åringar og fullfører og består vidaregåande opplæring innan dei fyller 30 år.

7.4.15 Status

Dei fleste elevane i grunnskolen som har innvandra, har komme hit etter skolestart. Pga. manglande innsamling av informasjon om kva skolegang dei har frå før, er det vanskeleg å seie i kor stor grad dei har mista grunnskoleopplæring. Ungdommar som kjem til Noreg etter å ha fylt 16 år, har rett til grunnskoleopplæring for vaksne. Rundt kvar fjerde 18-årige innvandrar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS, ca. 500 i kvart årskull, går ikkje i vidaregåande opplæring og har heller ikkje fullført grunnskole. Det er ukjent om desse ungdommane faktisk ikkje har fullført nokon grunnskole, eller om det er registreringa som manglar.

Tabell 7.11 Gjennomsnittleg del innvandrarar som har fullført og bestått vidaregåande opplæring i alderen 20-30 år, som kom til Noreg då dei var 13 og 16 år. Prosent

Alder då dei kom til Noreg

20-30 år

13 år

16 år

2006

39

26

2007

46

32

2008

50

30

2009

50

35

Kjelde: SSB

Av dei som kom til Noreg då dei var 13 år, og som i 2009 er mellom 20 og 30 år (1600 personar), har i gjennomsnitt 50 prosent fullført og bestått vidaregåande opplæring (sjå tabell over). Dette er ein auke på 10 prosent sidan 2006. Medan 27 prosent av dei som i 2009 er 20 år har fullført og bestått vidaregåande opplæring, har 58 prosent av 30-åringane fullført og bestått. Av dei som kom til landet som 13-åringar er det fleire jenter enn gutar som har bestått (høvesvis 62 og 40 prosent). Året før var delen jenter og gutar høvesvis 64 og 40 prosent (Kjelde: SSB)

Av dei som kom til Noreg då dei var 16 år, og som i 2009 er mellom 20 og 30 (2179 personar), har i alt 35 prosent fullført og bestått vidaregåande opplæring (tabell over), ein auke på 5 prosent frå 2008. Berre 18 prosent av dei som i 2009 var 20 år, har fullført og bestått vidaregåande opplæring. Dette er likevel ein vesentleg auke på 11 prosent frå året før. Delen stig monaleg med aukande alder. Heile 54 prosent av 30-åringane har bestått vidaregåande opplæring. Også blant dei som kom til Noreg som 16-åringar, er det stor forskjell mellom gutar og jenter. I gjennomsnitt har 44 prosent av jentene og 29 prosent av gutane fullført og bestått innan dei er 30 år. Dette er ei vesentleg forbetring frå året før, der tala for jenter og gutar var 38 og 23 prosent (Kjelde: SSB).

I tråd med målsetjinga viser indikatoren at det dei siste tre åra har vore ein aukande del av dei som kjem til landet som 13-åringar og 16-åringar som fullfører og består vidaregåande opplæring. Ein stor del av denne elevgruppa bruker lenger enn normert tid på å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Alder da dei kom til Noreg, og kjønn, har stor innverknad på om ein elev fullfører og består.

7.4.16 Mål

Delen tilsette i grunnskolen og vidaregåande opplæring med innvandrarbakgrunn skal auke.

7.4.17 Indikatorar

  • Del med innvandrarbakgrunn som går på utdanningar som fører til lærarkompetanse.

  • Del med innvandrarbakgrunn tilsett innan undervisning.

Den viktigaste ressursen i grunnopplæringa er menneska som arbeider der. Kompetente tilsette er den viktigaste føresetnaden for god kvalitet og sosial utjamning i heile utdanningssystemet. Det trengst fleire lærarar med innvandrarbakgrunn i skolen, slik at dei kan verke som positive rollemodellar for elevane. Samtidig kan desse lærarane bidra med viktig kultur- og språkkompetanse. Vidare er det viktig å heve kompetansen til fleire med innvandrarbakgrunn som allereie arbeider i skolen.

7.4.18 Status

Tabell 7.12 Delen med innvandrarbakgrunn og kjønn av dei som går på utdanningar som fører til lærarkompetanse. Prosent

20051

2006

2007

2008

2009

Innvandrarbakgrunn

5,1

4,0

5,0

5,9

6,1

Menn

27,1

26,5

25,8

24,7

25,2

- Av desse med innvandrarbakgrunn

5,3

4,3

5,7

6,5

6,7

Kvinner

72,9

73,5

74,2

75,3

74,8

- Av desse med innvandrarbakgrunn

5,0

3,9

4,8

5,6

5,9

Totalt tal personar

19 383

19 496

19 600

19 231

20 690

1 Delane kan ikkje samanliknast fullt ut med tala for 2006, 2007 og 2008 pga. endringar i datagrunnlaget

Kjelde: SSB

Tabellen over viser at 6,1 prosent av dei som gjekk på utdanningar som førte til lærarkompetanse i 2009 (allmennlærarutdanning, førskolelærar, fagskolelærarutdanning, master lektorutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning) hadde innvandrarbakgrunn. Reknar ein berre med innvandrarar frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS (landgruppe 2), utgjer desse 5,6 prosent av alle som går på utdanningar som fører til lærarkompetanse. Tilsvarande tal for 2008 var på 3,7 prosent. Både blant dei med innvandrarbakgrunn og befolkninga elles er det langt fleire kvinner enn menn som vel å ta utdanning som fører til lærarkompetanse.

Tabellen under viser at 3,6 prosent av undervisningspersonalet i kommunale grunnskolar i 2009 hadde innvandrarbakgrunn. Dette er en svak auke frå dei to føregåande åra, men ein nedgang samanlikna med 2005, då delen var 3,9 prosent. I fylkeskommunal vidaregåande opplæring har delen tilsette med innvandrarbakgrunn auka dei siste fem åra, og tilsvarte 4,8 prosent av undervisningspersonalet i 2009. Blant tilsette med innvandrarbakgrunn er det ei hovudvekt av innvandrarar frå andre europeiske land både for grunnskole og vidaregåande opplæring, høvesvis 2,2 og 3,4 pst av alle tilsette. Innvandrarar utanfor EU/EØS-land, USA, Canada, Australia og New Zealand utgjer framleis ein svært låg delen av dei tilsette, høvesvis 0,6 og 1,2 prosent for grunnskole og vidaregåande opplæring.

Tabell 7.13 Del med innvandrarbakgrunn blant undervisningspersonale i kommunale grunnskolar og fylkeskommunal vidaregåande opplæring

2005

2006

2007

2008

2009

Kommunale grunnskolar

3,9

3,7

3,4

3,5

3,6

Fylkeskommunale vidaregåande opplæring

4,0

3,9

4,0

4,5

4,8

Kjelde: SSB

Tala inkluderer både hovud- og biarbeidsforhold.

7.5 Barnevern og språk

7.5.1 Mål

Medverke til å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta.

7.5.2 Indikatorar

  • Del studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli barnevernspedagog.

  • Del kvinner og menn med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnevernstenesta.

Å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernstenesta er eit ledd i arbeidet med å auke den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet. Mangfald blant dei tilsette kan føre til betre forståing overfor barn, unge og familiar med minoritetsbakgrunn som barnevernet er i kontakt med. Skepsisen til barnevernet ser ut til å vere sterkare i minoritetsmiljøa enn elles i befolkninga. Dette er uheldig då også desse gruppene har behov for hjelp og støtte frå barnevernet. Å auke delen tilsette i barnevernstenesta med innvandrarbakgrunn kan verke med til å gi arbeidet større legitimitet. Det har vore ein liten auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn frå 2008 til 2009, medan delen studentar var stabil.

7.5.3 Status

Per 01.10.2009 hadde 114 studentar på barnevernsutdanningar innvandrarbakgrunn. Desse utgjer 5,2 prosent av alle studentar på barnevernsutdanningar. 87 studentar (76,3 prosent) hadde bakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania med unntak av Australia og New Zealand, og Europa utanom EU/EØS (landgruppe 2). Tilsvarande tal for 2008 var 5,2 prosent og 76,4 prosent Av dei med bakgrunn frå desse gruppene var 26,4 prosent menn og 73,6 prosent kvinner. I 2008 var 23,8 prosent menn og 76,2 prosent kvinner.

Per 01.10.2009 hadde 5,6 prosent av alle tilsette i barnevernstenesta innvandrarbakgrunn. Av desse hadde 54,8 prosent innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2. Tilsvarande tal for 2008 var 4,7 prosent og 51,1 prosent Av desse var 46,6 prosent menn medan 53,4 prosent var kvinner. I 2008 var 50,6 prosent menn og 49,4 prosent kvinner. (Kjelde: SSB).

Delen tilsette i barnevernstenesta med innvandrarbakgrunn er ikkje i samsvar med delen barn, unge og deira familiar med innvandrarbakgrunn som er i kontakt med barnevernet. Tal frå SSB viser at barn og unge som er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre oftare får hjelp frå barnevernet enn barn og unge utan innvandrarbakgrunn.

Tabell 7.14 Tal studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli barnevernspedagog, 4. kvartal 2009

Tal

I alt

Menn

Kvinner

I alt

2 213

337

1 876

Innvandrarar

114

29

85

Av desse:

Landgruppe 1

27

6

21

Landgruppe 2

87

23

64

Kjelde: SSB

Tabell 7.15 Tilsette i institusjonar innan barne- og ungdomsvern etter innvandrarbakgrunn og kjønn, 4. kvartal 2007 og 4. kvartal 2008. (Dette omfattar kommunale barnevernstenester og private som tilbyr same type barnevernstenester, irekna fosterheimar og forsterka fosterheimar)

2008

2009

2008

2009

2008

2009

I alt

13126

13 288

3 626

3 677

9500

9 611

Ingen innvandrarbakgrunn

12507

12 544

3 340

3 330

9167

9 214

Innvandrarar

619

744

286

347

333

397

Av desse:

Landgruppe 1

303

336

126

135

177

201

Landgruppe 2

316

408

160

212

156

196

Kjelde: SSB

7.5.4 Mål

Vaksne innvandrarar skal lære tilstrekkeleg norsk til å fungere i samfunnet i løpet av dei fem første åra dei bur i landet.

7.5.5 Indikator

  • Del vaksne innvandrarar med fem års butid i Noreg som har gått opp til og bestått avsluttande prøve i norsk.

Regjeringa vil sikre at innvandrarane raskast mogleg kan bidra med ressursane sine i det norske arbeidslivet og samfunnet elles. Gode ferdigheiter i norsk er ein føresetnad for å kunne delta i arbeids- og samfunnslivet, og det er viktig at innvandrarar lærer norsk så snart som mogleg etter at dei er komne til Noreg. Jo raskare ein innvandrarar lærer norsk, jo raskare kan han eller ho delta i samfunnet. Sjå programkategori 11.05 for meir omtale.

7.5.6 Status

14 109 vaksne innvandrarar hadde fem års butid ved utgangen av 2009. Talet inkluderer ikkje personar med norsk statsborgarskap då dei kom til landet.

38,7 prosent av vaksne innvandrarar med fem års butid hadde gått opp til avsluttande skriftleg prøve i norsk og 32,7 prosent hadde gått opp til avsluttande munnleg prøve ved utgangen av 2009.

28,5 prosent av innvandrarane med fem års butid hadde bestått munnleg prøve ved utgangen av 2009 og 22,2 prosent hadde bestått skriftleg prøve.

Tabellen nedanfor viser utviklinga for innvandrarar med fem års butid i Noreg som hadde avlagt anten Språkprøven; Norskprøve 2 eller Norskprøve 3.

Tabell 7.16 Innvandrarar 16 år og eldre som har gått opp til og bestått avsluttande prøve fem år etter at dei kom til landet

Innreiseår

Talet på innvandrarar med fem års butid

Delen som har gått opp til skriftleg prøve

Delen som har gått opp til munnleg prøve

Delen som har bestått skriftleg prøve

Delen som har bestått munnleg prøve

1999

14350

18,1

18,1

11,9

14,1

2000

14200

17,3

21,2

11,7

13,6

2001

11360

30,3

26,1

18,2

23,0

2002

13938

29,5

31,9

17,8

22,8

2003

12800

41,1

37,6

23,17

30,6

2004

14109

38,7

32,7

22,2

28,5

Tabellen viser at dei som kom til Noreg i løpet av 2004 og som framleis budde i landet ved utgangen av 2009 i større grad enn dei som kom i åra 1999-2002 har vore oppe til og bestått avsluttande prøve i norsk, men i noko mindre grad enn dei som kom i 2003. Samla sett er utviklinga positiv. Reduksjonen frå 2003 til 2004 kan ha samanheng med at gratis norskopplæring for arbeidsinnvandrarar blei fjerna frå 1. januar 2004.

19 prosent av dei som innvandra i 2004 hadde arbeid som grunn3.

Målet er at fleire skal gå opp til og bestå avsluttande prøve. Sjølv om resultata har blitt betre, vil det framleis leggjast vekt på at innvandrarar må dokumentere kunnskapane sine i norsk gjennom avsluttande prøve og at resultata skal bli betre. Det er ei utfordring at 60-70 prosent av dei som kom i 2004 ikkje kan dokumentere kunnskapar i norsk. Mange kan ha gode kunnskapar utan å ha vore oppe til prøve, men ein kan ikkje sjå bort frå at dette også kan indikere at mange innvandrarar ikkje har lært norsk godt nok til å bestå ei av prøvene.

7.6 Helse og omsorg

7.6.1 Mål

Helseforskjellane mellom etniske grupper skal reduserast.

7.6.2 Indikator

  • Dødsrate for kvinner og menn med innvandrarbakgrunn i aldersgruppa 25- 64 år, samanlikna med dødsraten i befolkninga som heilskap.

Med unnatak av Dødsårsaksregisteret fins det i dag få eller ingen helseregisterdata for befolkninga med innvandrarbakgrunn. Innvandrarbefolkninga er framleis ei relativt ung befolkningsgruppe og det er vanskeleg å følgje utviklinga av ulike dødsårsakar over tid. Likevel er dette ein enkel, om enn ikkje dekkande, indikator som mål på innvandrarbefolkninga sin helsetilstand som er mulig å følgje over tid.

Analysen som ligg føre baserer seg på dødsrate i perioden 3. november 2001 (folke- og bustadteljingstidspunktet) til 31.desember 2006. Det er nytta same metode som i rapportane frå i fjor. Den analysen som ligg føre her er identisk, bortsett frå at ein no har oppdaterte dødsratetala ut år 2006, og at oppfølgingstida er kortare enn tidlegare års rapportering (5 år vs. 11 og 13 år). Dette medfører at den analysen som ligg føre ser på yngre personar, noko som igjen betyr at dei absolutte dødsratane blir lågare enn i tidlegare års rapportering. Dette skal likevel ikkje påverke samanlikninga av dødsratar mellom land (men dei relative ratane kan bli høgare fordi ein har lågare teljar og nemnar).

7.6.3 Status

Ingen innvandrargrupper hadde signifikant høgare dødsrate enn dei etnisk norske. Dette gjaldt både for kvinner og menn (tabell 1 og figur 1). Dette er i samsvar med tidlegare års rapportar.

Menn fødde i Noreg, Aust-Europa, Pakistan og Afrika hadde signifikant høgare dødsrate enn menn fødde i Asia og Vest-Europa (sjå tabell 1 og figur 1).

Resultata for kvinner var hovudsakleg som for menn. Ein forskjell som er verd å merke seg er at austeuropeiske kvinner hadde låg dødsrate, men i denne rapporten er ikkje denne forskjellen signifikant slik som i tidlegare års rapportar. Dette kan skuldast den korte oppfølgingstida.

I følgje WHOs publikasjon World Health Statistics 2007 (1) er forventa levealder for norske menn og kvinner høvesvis 77 og 82 år. I Pakistan er tilsvarande tal 61 og 62 år, og i Vietnam 69 og 74 år, Canada 78 og 83 år, USA 75 og 80 år, Australia 79 og 84 år. Dei fleste afrikanske land har forventa levealder på om lag 50 år (Somalia 45 år). Våre tal stemmer dårleg overeins med desse tala, der dei etnisk norske var blant dei med høgast dødsrate.

Det kan vere fleire årsaker til at dei som er fødde i Noreg er blant dei med høgast dødsrate i våre analysar. Ei moglegheit er at det er ein såkalla «healthy worker effect», som går ut på at det er dei friskaste og sterkaste innvandrarane som kjem til Noreg. Denne teorien blir styrkt ved at innvandrargruppene har lågare dødsrate enn i landa dei utvandrar frå (1).

Ei anna forklaring kan vere relatert til delar av datamaterialet er skeivt. Ein stor del av dei som er fødde utanfor Noreg dreg frå landet i løpet av oppfølgingsperioden, og dermed mistar vi dei frå analysane våre. Dersom desse utflyttarane er sjukare enn dei som er att vil dei attverande ha ein lågare dødsrate enn dei totalt sett ville hatt dersom alle hadde vore tilstades. Ein har ingen informasjon om helsestatus til dei som utvandrar, og det trengst meir arbeid for å finne ut av dette.

Tabell 7.17 Dødsrate 2001-2006, etter fødeland, 25-64 år.

Fødeland

Døde per 100 000 personår, aldersjustert

Tal døde

Tal personar

Relativ risiko***

Flytt ut av landet i perioden 2001-2006 (prosent)

MENN

Noreg

358

20647

1094169

1

0,6

Vest-Europa*

307

643

45628

0,86

12,7

Aust-Europa

383

140

9588

1,07

6,0

Pakistan

435

98

5627

1,22

4,1

Vietnam

250

47

4330

0,70

1,7

Rest-Asia**

271

173

23378

0,76

6,4

Afrika

387

122

10613

1,08

9,5

KVINNER

Noreg

215

12540

1059609

1

0,5

Vest-Europa*

175

375

44605

0,81

10,3

Aust-Europa

178

79

11430

0,83

5,0

Pakistan

306

48

4751

1,42

3,1

Vietnam

194

27

4049

0,90

2,0

Rest-Asia**

163

122

23444

0,76

4,2

Afrika

247

42

7158

1,15

7,8

* Vest Europa + Canada +USA + Australia +New Zealand., ** Asia utan Pakistan og Vietnam.

*** Relativ risiko i forhold til Noreg, justert for alder

7.7 Politi, kriminalomsorg og rettsvesen

7.7.1 Mål

Ein skal arbeide for å få til ein auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta og kriminalomsorga.

7.7.2 Indikatorar

  • Del tilsette med innvandrarbakgrunn innanfor politi- og påtalemakta.

  • Del tilsette med innvandrarbakgrunn innanfor retts- og fengselsvesenet.

Å sørgje for tryggleik i samfunnet er eit velferdsspørsmål og eit stort offentleg ansvar. Politiet, påtalemakta, domstolane og kriminalomsorga har som oppgåve å verne borgarane mot kriminalitet, og å sikre rettstryggleik for alle borgarar. Det er viktig at desse instansane har kompetanse og ressursar til å handheve lovverket mot rasisme og diskriminering, slik at dei har tillit i folket – noko som er ein føresetnad for at lovbrot blir rapporterte og vitne melder seg. Difor er det viktig at mangfaldet i folket òg blir spegla att i politietaten og kriminalomsorga. På bakgrunn av dette vil regjeringa føre vidare arbeidet med å auke rekrutteringa av personar med innvandrarbakgrunn til politietaten og kriminalomsorga, jf. Prop. 1 S (2010-2011) for Justis- og politidepartementet, programkategori 06.30 Kriminalomsorg og programkategori 06.40 Politi- og påtalemyndighet.

7.7.3 Status

I 2009 hadde 3,3 prosent av tilsette i politi- og påtalemakta innvandrarbakgrunn, mot 2,8 prosent i 2008 (sjå tabell under). Dette utgjorde 520 personar, 221 av dei var menn og 299 var kvinner. 193 av dei hadde bakgrunn frå Asia, 58 frå Afrika, medan 136 hadde bakgrunn frå Aust–Europa. Som det går fram av tabellen, har det vore ei jamn stigning sidan 2005.

Tabell 7.18 Tilsette i politi- og påtalemakta med innvandrarbakgrunn, prosent og absolutte tal

År

Prosent

Tal

Menn

Kvinner

4. kvartal 2009

3,3

520

221

299

4. kvartal 2008

2,8

437

183

254

4. kvartal 2007

2,6

398

155

243

4. kvartal 2006

2,2

334

134

200

4. kvartal 2005

2,0

299

124

175

Kjelde: SSB

I 2009 hadde 2,7 prosent av tilsette i retts- og fengselsvesenet innvandrarbakgrunn, mot 2,4 prosent i 2008 (sjå tabell under). Dette utgjorde 180 personar, 87 av dei var menn og 93 var kvinner. 49 av dei hadde bakgrunn frå Asia, 22 frå Afrika, medan 42 hadde bakgrunn frå Aust-Europa. Også her har det vore ei jamn stigning sidan 2006, då 1,9 prosent av tilsette i retts- og fengselsvesenet hadde innvandrarbakgrunn.

Tabell 7.19 Tilsette i retts- og fengselsvesenet med innvandrarbakgrunn, prosent og absolutte tal

År

Prosent

Tal

Menn

Kvinner

4. kvartal 2009

2,7

180

87

93

4. kvartal 2008

2,4

151

79

72

4. kvartal 2007

2,1

130

61

69

4. kvartal 2006

1,9

122

57

65

4. kvartal 2005

2,2

144

62

82

Kjelde: SSB

Sidan 2005 har det vore ein auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta med 1,3 prosentpoeng. Rekruttering til politiyrket skjer gjennom Politihøgskolen (PHS). PHS har drive aktivt og systematisk rekrutteringsarbeid retta mot etniske minoritetar gjennom fleire år. I 2010 var det 93 søkjarar som har opplyst at dei har minoritetsbakgrunn og av desse er det teke opp 22 studentar i årets opptak. I 2009 var det 88 søkjarar som opplyste at dei har minoritetsbakgrunn, og 30 av desse starta første året på bachelor-utdanninga. I 2008 blei det teke opp 27 studentar med minoritetsbakgrunn, medan det i 2007 blei teke opp 27. Det starta ni studentar med minoritetsbakgrunn i 2006.

For å oppnå inkludering er det viktig å unngå indirekte diskriminering. Kunnskap, bevisstgjering og ev. endring av etablerte kriterium/lover/normer er nøkkelord i dette arbeidet. Arbeidet med å auke delen tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og lensmannsetaten skal førast vidare. Det skal òg arbeidast aktivt med å behalde tilsette og å leggje til rette for karriereutvikling, inkludert leiarstillingar for tilsette med innvandrarbakgrunn.

Om lag 200 aspirantar starta i 2009 utdanning ved fengselsskolen (KRUS). 14 aspirantar hadde fleirkulturell bakgrunn. Delen med fleirspråkleg bakgrunn utover engelsk utgjorde 7 prosent i 2009. I 2008 var delen aspirantar med fleirspråkleg bakgrunn 4,8 prosent Det er eit mål å auke delen aspirantar med fleirspråkleg bakgrunn til 10 prosent i 2010.

KRUS gjennomførte i 2009 eit omfattande informasjons- og rekrutteringsarbeid for å få ein større og breiare søkarmasse til fengselsskolen, både med sikte på å få fleire samisktalande aspirantar og fleire med annan etnisk og kulturell bakgrunn. Kriminalomsorga vidarefører også samarbeidet med NAV for å kvalifisere fleire søkjarar med fleirkulturell bakgrunn for opptak til fengselsskolen.

7.7.4 Mål

Ein skal arbeide for at delen lekdommarar med innvandrarbakgrunn aukar.

7.7.5 Indikatorar

  • Del lekdommarar med innvandrarbakgrunn.

7.7.6 Status

Det synes til programkategori 06.20 Rettsvesen i Prop. 1 S (2010-2011) for Justis- og politidepartementet kor det kjem fram at det vart oppnemnt lekdommarar for perioden 1. mai 2008 til 1. januar 2013. Det kjem òg fram at 3,7 prosent av lekdommarane har innvandrarbakgrunn. Av desse har 1,8 prosent bakgrunn frå land utanfor Europa og Nord-Amerika. Dette er ei auke frå perioden 2004-2008 kor dei tilsvarande prosenttala var høvesvis 2,8 og ein prosent Det har ikkje vore endringar i oppnemningane.

7.8 Val og bustad

7.8.1 Mål

Delen personar med innvandrarbakgrunn og stemmerett som deltek ved kommunestyreval, fylkestingsval og stortingsval skal tilsvare valoppslutninga samla.

7.8.2 Indikatorar

  • Prosentdel innvandrarar som stemte ved siste lokalval, samanlikna med valoppslutninga totalt.

  • Prosentdel innvandrarar som stemte ved siste stortingsval, samanlikna med valoppslutninga totalt.

Regjeringa har som mål at flest mogleg deltek ved politiske val. Dette gjeld alle med stemmerett, med og utan innvandrarbakgrunn. For at eit representativt demokrati skal fungere slik det er tenkt, er det viktig at ikkje valoppslutninga blir for låg. Samtidig som borgarane ved å stemme aukar sin innverknad over sin eigen kvardag, medverkar deltaking ved val til å ansvarleggjere og bevisstgjere borgarane.

7.8.3 Status

Valdeltakinga varierer sterkt mellom dei ulike innvandrargruppene. Valdeltakinga i 2009 auka blant veljarar med afrikansk, irakisk, iransk og pakistansk bakgrunn, viser tal frå SSB. Men gjennomsnittleg er deltakinga på same nivå som i 2005.

Ei undersøking frå SSB viser at berre 52 prosent av innvandrarar med norsk statsborgarskap nytta stemmeretten ved stortingsvalet i 2009. Den generelle valdeltakinga var på 76,4 prosent.

Forskjellane mellom deltaking for kvinner og menn har jamna seg ut. Stortingsvalet i 2005 viste at dei som hadde stemmerett av innvandrarkvinner og norskfødde kvinner med innvandrarforeldre hadde 4 prosentpoeng høgare deltaking enn mennene. Ved valet i haust var denne forskjellen utjamna, slik at både kvinner og menn hadde ei deltaking på 52 prosent.

Valdeltakinga aukar med butid. Det var flest som stemde blant dei som har budd lengst i Noreg. Som for veljarar elles er det slik at dei eldste deltek i større grad enn dei yngre, men desse skilnadene varierer mellom dei ulike innvandrargruppene. At mange av dei største landgruppene har låg valdeltaking, kan delvis forklarast ved at det er ein stor del unge i desse gruppene. Særleg låg er valdeltakinga til unge frå Vietnam og Balkan. I desse gruppene var det færre enn ein av tre som stemte i 2009.

Ved stortingsvalet 2009 var valdeltakinga til innvandrarar med norsk statsborgarskap 24 prosentpoeng lågare enn den generelle valdeltakinga på 76,4 prosent. Ved stortingsvalet i 2005 var det 53 prosent valoppslutning blant norske borgarar med innvandrarbakgrunn, mot 77,4 prosent i befolkninga totalt.

Valdeltakinga til innvandrarar med norsk statsborgarskap har halde seg stabil på dette nivået dei tre siste stortingsvala, men har gått ned sidan valet i 1997 då den var på 63 prosent. Meir informasjon om valdeltaking blant innvandrarar kan finnast i ein rapport frå SSB.4

7.8.4 Mål

Innvandrarar skal sikrast butryggleik og hindrast i å bli utstøytte i bustadmarknaden.

7.8.5 Indikatorar

  • Del innvandrarar som mottek statleg bustøtte.

  • Del bustadlause med fødeland utanfor Europa og Nord- Amerika.

Regjeringa har som mål at alle skal bu trygt og godt, noko som er ein viktig føresetnad for inkludering og deltaking i samfunnet. Gode og trygge buforhold legg til rette for gode oppvekstvilkår for barn og ungdom, samtidig som det gir vaksne eit viktig fundament for aktiv deltaking i samfunnslivet elles. Derfor er regjeringa oppteken av at innvandrarar blir sikra trygge butilhøve og ikkje blir utstøytte i bustadmarknaden.

7.8.6 Status

Innvandrarar er ikkje ei spesifikk målgruppe i bustøtta. Bustøtta er ei ordning som gir rett til støtte for husstandar med låge inntekter og høge buutgifter. Frå 1. juli 2009 vart eit nytt regelverk for ordninga sett i kraft. Om lag 17 000 nye mottakarar har per mai 2010 komme inn i bustøtteordninga som følgje av det nye regelverket, og den gjennomsnittlege utbetalte ytinga auka med om lag 9 prosent samanlikna med same månad i 2009.

Delen innvandrarar som mottek statleg bustøtte har auka jamt i perioden 2006 til 2009. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del av bustøttemottakarane.

Resultata tyder på at i dei lågaste inntektsgruppene har innvandrarar større problem med å dekkje jamlege buutgifter enn befolkninga generelt.

Tabell 7.20 Personar med innvandrarbakgrunn som mottek statleg bustøtte

Tal mottakarar av bustøtte

Delen innvandrarar

Delen norskfødde med innvandrarforeldre

2006

121 600

21 %

0,2 %

2007

129 700

28 %

0,4 %

2008

126 100

35 %

0,5 %

2009

136 000

39 %

0,6 %

Tabell 7.21 Bustadlause etter fødeland

Bustadlause

1996

2003

2005

2008

Tal bustadlause i Noreg totalt

6 200

5 200

5 500

6 100

Delen med Noreg som fødeland

82

86

82

81

Delen med fødeland i Norden, Vest-Europa, Nord-Amerika og Australia

3

2

3

2

Delen med fødeland i resten av Europa

1

1

2

2

Delen med fødeland utanfor Europa og Nord-Amerika

13

10

13

13

Kartlegginga omfattar berre dei som er i kontakt med hjelpeapparatet. Det vil derfor alltid vere ein del mørketal i kartleggingar av bustadlause.

Kartlegginga av bustadlause5 i 2008 viser at fire av fem bustadlause er fødde i Noreg, sju pst. i Afrika og fem pst. i Asia/Oseania. Vidare viser kartlegginga at det er store forskjellar mellom kommunar og kommunegrupper. I Oslo er 18 pst. av dei bustadlause frå Afrika mens 8 pst. er fødde i Asia/Oseania. Tala frå 2008 varierer lite frå tidlegare kartleggingar.

Ein viser elles til Prop. 1 S (2010–2011) for Kommunal- og regionaldepartementet, hovudmål 2.

7.9 Kultur og media

7.9.1 Mål

Auka deltaking og auka delen aktive utøvarar med innvandrarbakgrunn innanfor kultur- og mediesektoren.

7.9.2 Indikatorar

  • Del arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren.

  • Del statleg oppnemnde styremedlemmer med innvandrarbakgrunn i teater- og orkesterinstitusjonar.

  • Del norske skjønnlitterære boktitlar forfatta av personar med innvandrarbakgrunn innkjøpt av Norsk kulturråd.

Regjeringa vil synleggjere det fleirkulturelle perspektivet på alle felt i kulturlivet og medverke til å skape betre møteplassar mellom majoritets- og minoritetskulturar.

Det er eit mål i kulturpolitikken å sikre at alle får tilgang til kunst- og kulturopplevingar, i tillegg til å sørgje for at det skal vere mogleg å uttrykke seg gjennom kunst og kultur uavhengig av geografi og sosiale skiljelinjer. Det er viktig at dei etablerte kulturorganisasjonane blir reelt fleirkulturelle, både i kunstuttrykk og repertoarval, og ved å gi plass til kunstnarar med innvandrarbakgrunn.

Gjennomføringa av markeringsåret for kulturelt mangfald i 2008 hadde som langsiktig mål å sikre at stimulering av kulturelt mangfald blir eit markant og gjennomgåande trekk ved norsk kulturpolitikk. Arbeidet som blei påbegynt i markeringsåret skal følgjast systematisk opp i åra framover.

Regjeringa vil stimulere til mangfald og kvalitet i norske medium. Dette er nødvendig for at media skal kunne tilby truverdig informasjon som tek vare på behova til alle grupper i samfunnet vårt. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn. Det er derfor viktig at behova til minoritetane blir ivaretekne av media.

7.9.3 Status

Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn utgjer 6,6 prosent av alle arbeidstakarar innan kultur- og mediesektoren. 3,1 prosent var kvinner og 3,5 prosent menn. Resultata viser ein auke frå 2008 då delen arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren var 6,1 prosent.

Tabell 7.22 Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn

Sektor

Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn

Arb.takarar total

 

Totalt

Kvinner

Menn

Prosent

Prosent Kvinner

Prosent Menn

Film og video

233

102

131

8,3

45

55

2 795

Radio og fjernsyn

238

106

132

3,8

45

55

6 317

Sjølvstendig kunstnarisk verksemd

362

159

203

13

44

56

2775

Drift av etablissement tilknytte kunstnarisk verksemd

320

163

157

14,4

51

49

2225

Bibliotek og arkiv

286

203

83

7,3

71

29

3 903

Museum, vern av historiske stader og bygningar

349

220

129

8,9

63

37

3910

Forlag og grafisk industri

1168

441

727

4,7

38

62

23079

Kjelde: Arbeidsmarknadsstatistikk. SSB

Av 128 statleg oppnemnte styremedlemmer i teaterinstitusjonane og symfoniorkestra hadde ni styremedlemmer innvandrarbakgrunn. Dette utgjer ein del på 7 prosent, mot 6,3 prosent i 2008. Rapporteringa omfattar 17 scenekunstinstitusjonar (teater, opera, ballett) og sju orkesterselskap med fast årlig tilskot frå Kulturdepartementet.

I 2009 omfatta innkjøpsordninga for norsk skjønnlitteratur for vaksne 231titlar, 5 av desse titlane var skrivne av innvandrarar (2 menn og 3 kvinner).Innkjøpsordninga for norsk skjønnlitteratur for barn og unge omfatta 135 titlar totalt, 6 skrivne av innvandrarar (3 menn og 3 kvinner).Innkjøpsordninga for sakprosa omfatta 65 titlar totalt, 2 skrivne av Innvandrarar (2 kvinner). Innkjøpsordninga for faglitteratur for barn og unge omfatta 29 titlar totalt, av desse var éin skriven av ein innvandrar (mann). (Kjelde: NorskKulturråd).

7.10 Staten som arbeidsgivar

7.10.1 Mål

Del av dei tilsette i staten som har innvandrarbakgrunn skal auke.

7.10.2 Indikatorar

  • Del personar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand, og Europa utanom EU/EØS6 tilsette i statsadministrasjonen.

  • Del personar med innvandrarbakgrunn tilsette i statleg heileigde verksemder.

Staten som arbeidsgivar har eit særleg ansvar for å gå føre som eit godt døme ved å auke delen av dei tilsette i staten som har innvandrarbakgrunn. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for større mangfald i forvaltninga. Staten skal bidra til at statsforvaltninga tek i bruk all tilgjengeleg kompetanse, inkludert den som personar med innvandrarbakgrunn representerer. Sjå Prop. 1 S (2010-2011) kap. 1500 for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

7.10.3 Status

Det er ein klar auka i delen tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 i statsadministrasjonen. Statsadministrasjonen omfattar departementa og dei underliggjande etatane. Pr. 1. oktober 2009 var det 3,6 prosent blant dei tilsette som hadde ein slik bakgrunn. Dette er ein auke frå 1. oktober 2008, då tilsvarande tal var 3,2 prosent.

Tabell 7.23 Tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 i statsadministrasjonen

2007

2008

2009

Samla tal for departementsområda

2,8

3,2

3,6

Kjelde: Arbeidsmarknadsstatistikk. SSB, 2010

Som i tidlegare år var det i 2009 store variasjonar mellom departementsområda når det gjeld kor stor del av dei tilsette som hadde bakgrunn frå landgruppe 2. SSB har justert tala for 2008 i samband med oppdatering av opplysningane i rapporteringa for 2009.

Tabell 7.24 Departementsområda med høgast del av dei tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 2008-2009, 4.kvartal, prosent

Departement

2008

2009

Kunnskapsdepartementet

5,8

6,3

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

4,4

5,1

Helse- og omsorgsdepartementet

5,4

5,1

Kjelde: Arbeidsmarknadsstatistikk. SSB, 2010

Tabell 7.25 Departementsområda med lågast del av dei tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2, 2008–2009, 4. kvartal, prosent

Departement

2008

2009

Forsvarsdepartementet

0,8

0,9

Kultur- og kyrkjedepartementet

1,6

1,5

Samferdselsdepartementet

1,5

1,7

Kjelde: Arbeidsmarknadsstatistikk. SSB, 2010

Av dei 33 189 tilsette i dei heileigde statlege føretaka hadde 2795 innvandrarbakgrunn i 4. kvartal 2009. Dette er ein auke frå åtte prosent i 4. kvartal 2008 til 8,4 prosent i 4. kvartal 2009. Som det går fram av tabellen nedanfor har delen tilsette med innvandrarbakgrunn i dei heileigde verksemdene auka med 2,7 prosentpoeng sidan 2004.

Tabell 7.26 Tilsette med innvandrarbakgrunn, prosent

2004

2005

2006

2007

2008

2009

Kvinner (2009)

Menn (2009)

Statleg forvaltning

6,5

6,8

7,0

7,5

8,1

8,5

5,0

3,5

Statleg forvalta helseføretak

8,3

8,6

8,9

9,3

9,6

10,2

6,8

3,4

Heileigde statlege føretak

5,7

6,0

6,2

7,4

8,0

8,4

3,1

5,3

Kjelde: Registerbasert sysselsettingsstatistikk, SSB

Dei 25 heileigde statlege føretaka skil seg frå kvarandre både når det gjeld kva marknad dei opererer i og storleik. Talet på tilsette varierer frå Posten Noreg med meir enn 20 000 tilsette til Staur Gard AS med tre tilsette. Tal frå SSB frå 4. kvartal 2008 syner at fire av føretaka står for 90 prosent av den totale delen tilsette med innvandrarbakgrunn i heileigde statlege føretak: Posten Noreg AS med dotterselskap, NSB AS med dotterselskap, Vinmonopolet AS og NRK AS.

Delen tilsette med innvandrarbakgrunn i statleg forvaltning og i heileigde statlege føretak har auka over tid, men det er forskjellar mellom departementa. Statsadministrasjonen har ein lågare delen tilsette med innvandrarbakgrunn enn helseføretaka. Årsaka er truleg mellom anna ulike krav til utdanning.

8 Omtale av miljøprofilen i budsjettet

8.1 Utfordringar knytte til miljø- og ressursforvalting på BLD sitt ansvarsområde

8.1.1 Miljøutfordringar

8.1.1.1 Forbrukarområdet

Forbruksvolum og forbruksmønster i samfunnet har innverknad på miljøet, medrekna klimaet. Miljø-, ressurs- og klimabelastninga frå forbruket i Noreg er høgare enn det som svarer til eit berekraftig nivå i global målestokk.

Omgrepet berekraftig forbruk tek opp i seg omsynet til både natur, ressursgrunnlag, helse, etikk og rettvis fordeling. Forbruksmønsteret og det samla ressursforbruket i samfunnet må tilpassast til det naturen kan tåle. Samansetjinga av forbruket må endrast slik at den normale forbruksnorma representerer ein berekraftig praksis.

Eit endra forbruksmønster og eit redusert samla ressursforbruk vil krevje endringar i både haldningar, åtferd og livsstil, så vel som i teknologi og økonomisk politikk. Det er eit gjennomgåande problem at dei fleste miljøgevinstane ved teknologiforbetringar har ein tendens til å bli meir enn oppetne av veksten i det totale forbruket.

Regjeringa sin strategi for ei berekraftig utvikling framhevar behovet for å endre produksjons- og forbruksmønstra. I forbrukarpolitikken er det eit mål å medverke til eit etisk og berekraftig ansvarleg forbruksmønster gjennom informasjon, kunnskapsformidling og haldningspåverknad.

For at forbrukarane skal kunne ta etiske og miljøtilpassa kjøpsval, må det finnast lett tilgjengeleg, påliteleg og tilstrekkeleg informasjon om etikk- og miljøaspekta ved produkta. Styresmaktene må òg leggje rammer for og gi insentiv til næringslivet i ei meir berekraftig retning.

8.1.1.2 Barn og unge

Tilrettelegging og sikring av areal og miljø for leik og aktivitet for barn og unge i byar og tettstader er viktig. Særleg når utbygging skjer som fortetting av allereie etablerte bustadområde, må kommunane ved planlegging og utbygging ta nødvendige omsyn for å sikre barn og unge eit godt oppvekstmiljø, jf. krav i plan- og bygningslova.

Utvikling av arenaer og metodar for deltaking og innverknad mellom anna gjennom barne- og ungdomsråd og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar er ei viktig oppgåve for alle kommunar og fylkeskommunar for at barn og unge skal kunne delta i utforminga av oppvekstmiljøet.

8.1.2 Rapport om resultata frå 2009

8.1.2.1 Forbrukarområdet

Den økonomiske støtta til arbeidet med miljømerkeordningane Svanen og EU-blomen blei ført vidare i 2009 (jf. kap. 862 Positiv miljømerking) for å vidareutvikle dei offisielle miljømerkeordningane og gjere dei betre kjende.

Departementet gav òg i 2009 økonomisk støtte til vidareutvikling og marknadsføring av nettstaden etiskforbruk.no, som skal vere eit hjelpemiddel for interesserte til å velje produkt ut frå etiske og miljømessige kriterium. Frå 2010 vil etiskforbruk.no bli ein integrert del av miljønettstaden til Grønn Hverdag.

Departementet tok også del i ei internasjonal arbeidsgruppe som utviklar ein internasjonal standard for samfunnsansvaret til alle typar organisasjonar (ISO 26000). Arbeidet med standarden skal etter planen gjerast ferdig i 2010.

8.1.2.2 Barn og unge

BLD har, gjennom tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, stimulert til aktivitet i organisasjonar som har kultur- og miljøengasjement som aktivitet. BLD har òg delteke i Miljøverndepartementet sitt arbeid med oppfølging av Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen (RPR). Eit fleirtal av kommunane og fylkeskommunane driv eit systematisk arbeid for deltaking og innverknad frå barn og ungdom. Mange barn og unge tek del gjennom tilrettelagde prosessar i kommunar og fylke og har høve til å medverke med synspunkt på utviklinga av oppvekstmiljøet.

8.1.3 Mål for arbeidet til BLD

8.1.3.1 Forbrukarområdet

Målet på dette området er eit etisk og miljøforsvarleg forbruk. For å medverke til dette følgjer BLD ein todelt strategi som går ut på

  • å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket

  • å styrkje kunnskapen og engasjementet til den vanlege forbrukaren i spørsmål knytte til berekraftig forbruk i vid forstand

8.1.3.2 Barn og unge

BLD vil gjennom arbeidet med å fremme barn og unges rettar, deltaking og innverknad bidra til at det blir lagt stor vekt på det fysiske oppvekstmiljøet for barn og unge i regional og kommunal planlegging.

Viktige mål for BLD er

  • at alle kommunane og fylkeskommunane utviklar gode og varierte oppvekstmiljø

  • at kommunane gjer ei samla vurdering av oppvekstmiljøet for barn og unge for å innarbeide mål og tiltak i kommuneplanarbeidet

  • at alle barn og unge har høve til å delta for å kunne påverke utviklinga av nærmiljøet

8.1.4 Tiltak under BLD

8.1.4.1 Forbrukarområdet

BLD vil mellom anna arbeide for å vidareutvikle frivillig positiv miljømerking (Svanen og Blomen) som verktøy for eit berekraftig forbruksmønster.

I undervisninga i forbrukaremne i skolen er det viktig å fremme kunnskap om korleis forbruk verkar inn på miljø og klima, og korleis forbrukarane og hushalda kan opptre miljømedvite. BLD gir til dømes støtte til prosjektet PERL, som er eit breitt, internasjonalt nettverk for undervisarar og forskarar som utviklar utdanning for mellom anna berekraftig forbruk og berekraftig livsstil.

8.1.4.2 Barn og unge

BLD vil medverke til at det blir lagt vekt på barn og unges oppvekstmiljø i regional og kommunal planlegging. Departementet vil føre vidare arbeidet med å fremme barn og unges rettar, deltaking og innverknad, mellom anna gjennom FNs konvensjon om barnerettane, gjennom støtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og gjennom å stimulere til idé- og erfaringsutveksling mellom kommunar. Kommunen som blir kåra til Årets barne- og ungdomskommune, skal vere særskilt god på å gi barn og ungdom reell innverknad på oppvekstmiljøet.

9 Samla oversikt over løyvingar til barn og unge

BLD ønskjer å framheve sentrale tiltak og løyvingar som går til barn og unge og som er relevante for FNs barnekonvensjon. Formålet er å fremme barneperspektivet i den statlege budsjettprosessen, også på ansvarsområda til andre departement.

Tabellane nedanfor syner utviklinga i inneverande regjeringsperiode når det gjeld departementas løyvingar til barn og unge. For løyvingar i førre regjeringsperiode (2006-2009), sjå oversikta i Prop. 1 S (2009-2010) for BLD.

Samstundes har mange departement løyvingar som berre indirekte gjeld barn og unge eller formål der barn er ei av fleire målgrupper. Desse løyvingane er ikkje tekne med i tabellane. Kommunanes løyvingar til barn og unge gjennom rammetilskota er heller ikkje ein del av oversikta.

BLD vil dessutan gi ut publikasjonen Satsing på barn og ungdom i 2011 som går nærmare inn på mål og innsatsområde overfor barn og unge i årets statsbudsjett.

Tabell 9.1 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Arbeidsdepartementets budsjett

(i tusen kroner)

Namn til løyvinga

Kapittel / post

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Grunnstønad

2661 / 70

210 000

215 000

Hjelpestønad

2661 / 71

1 005 000

1 022 000

Kompetanse- og utviklingstiltak for å førebyggje og redusere barnefattigdom

621 / 21 og 63

28 000

28 000

Innsats for barn og unge i risikosoner

621 / 21 og 63

5 000

5 000

Tabell 9.2 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementets budsjett1

(i tusen kroner)

Namn til løyvinga

Kapittel / post

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Gratis kjernetid i barnehage

821 / 62

60 000

67 000

Frivillige organisasjonars arbeid mot tvangsekteskap

821 / 71

10 000

10 000

Kontantstønad

844 / 70

1 418 000

1 437 000

Barnetrygd

845 / 70

14 820 000

14 950 000

Foreldrepengar

2530 / 70-73

14 216 000

15 085 000

Barneombodet

850 / 01

12 423

12 912

Adopsjonsstønad

852 / 70

16 677

14 896

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

854

668 393

811 184

Statleg forvalting av barnevernet

855

4 955 008

5 280 933

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

856

580 500

229 077

Barne- og ungdomstiltak

857

198 600

202 506

1 For beskrivinga av dei enkelte postane på kap. 850-857, sjå Del II.

Tabell 9.3 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett

(i tusen kroner)

Namn til løyvinga

Kapittel / post

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Tilskot til dei politiske partias fylkesungdomsorganisasjonar

1530 / 75

18 367

18 936

Tilskot til dei politiske partias sentrale ungdomsorganisasjonar

1530 / 76

6 862

7 075

Trosopplæring

1590 / 75

170 000

171 975

Tabell 9.4 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Helse- og omsorgsdepartementets budsjett

(i tusen kroner)

Namn til løyvinga

Kapittel / post

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Skolefruktordninga

711 / 74

17 289

17 289

Handlingsplan for fysisk aktivitet

719 / 73

27 488

28 464

Kompetansenettverk legemidlar for barn

151 / 70

5 000

5 000

Helsestasjonstenesta og skolehelsetenesta

762 / 60

6 500

11 695

Førebygging av uønskte svangerskap og abort

762 / 73

28 512

29 896

Barn som pårørande

781 / 73

21 000

21 000

Bidrag til hormonelle prevensjonsmidlar for jenter mellom 16 og 20 år

2790 / 70

23 565

24 013

Tabell 9.5 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Justis- og politidepartementets budsjett

(i tusen kroner)

Namn til løyvinga

Kapittel / post

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Auka aldersgrense for dommaravhør frå 14 til 16 år

410 / 01

640

640

Oppretting av særskilde fengselseiningar for barn og unge mellom 15 og 18 år

430 / 01

16 425

17 000

Tiltak for fangars barn

430 / 70

1 120

1 150

Samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak

440 / 01

5 000

5 000

Førebygging av internettrelaterte overgrep mot barn

440 / 01

6 000

0

Auka aldersgrense for dommaravhør frå 14 til 16 år

440 / 01

450

450

Kostnader i samband med sivile vernepliktige som gjer teneste i oppdrag knytte til barn og ungdom

450 / 01

11 039

8 790

Auka aldersgrense for dommaravhør frå 14 til 16 år

466 / 01

3 000

3 000

Auka bruk av oppfølgingsteam og ungdomsstormøte i konfliktråda

474 / 01

5 000

5 000

Tiltak for barn i mottak

490 / 21

13 200

13 600

Tilskot til einslege, mindreårige asylsøkjarar i asylmottak

490 / 21

442 800

135 000

Verjar for einslege, mindreårige asylsøkjarar

490 / 60

7 200

7 400

Tabell 9.6 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Kulturdepartementets budsjett

(i tusen kroner)

Namn til løyvinga

Kapittel / post

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Frifond – frivillig barne og ungdomsarbeid lokalt

315 / 72

44 376

45 752

Kulturkort for ungdom

320 / 78

3 900

3 900

Norsk kulturråd

320 / 50 og 55

15 780

16 300

Den Unge Scenen

324 / 78

2 100

2 200

Innkjøpsordning for ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge

326 / 55

28 554

29 400

Innkjøpsordning for ny norsk faglitteratur for barn og unge

326 / 55

7 921

8 200

Norsk Barnebokinstitutt

326 / 78

6 446

6 600

Prosjektet «Ung og engasjert«

335 / 73

1 000

1 000

Den kulturelle skolesekken

spelemidlar

167 000

*

Noregs idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité

spelemidlar

128 500

Tilskot til lokale lag og foreiningar

spelemidlar

156 000

Tilskot til inkludering i idrettslag

spelemidlar

9 000

Friluftstiltak for barn og ungdom

spelemidlar

11 000

* Spelemidlar til kultur- og idrettsformål blir ikkje gitt over statsbudsjettet, men blir fordelt av Kongen i statsråd. Budsjettet for 2011 (avsetninga) vil først fastsetjast ved hovudfordelinga av spelemidlane ultimo april 2011, med unntak av avsetninga til NIF som skal fastsetjast i desember 2010.

Tabell 9.7 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Kunnskapsdepartementets budsjett

(i tusen kroner)

Namn til løyvinga

Kapittel / post

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

222 / 01 og 45

101 406

102 360

Tiltak i grunnopplæringa driftsutgifter til eksamen

225 / 01

131 110

132 074

Tilskot til samisk i grunnopplæringa

225 / 63

49 787

51 643

Tilskot til barn og unge i statlege asylmottak

225 / 64

159 359

137 437

Tilskot til leirskolar

225 / 66

40 172

41 377

Tilskot til opplæring i finsk

225 / 67

9 260

8 318

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

226 / 21 og 70

1 043 566

1 024 367

Tilskot til private skolar

228 / 70

1 110 758

1 165 909

Tilskot til samiske barnehagetilbod

231 / 50

13 339

13 753

Driftstilskot til barnehagar

231 / 60

19 618 408

83 275

Investeringstilskot og lån

231 / 61

176 100

84 000

Tilskot til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

231 / 62

861 904

*

Tilskot til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn

231 / 63

115 098

118 551

Tilskot til midlertidige lokale

231 / 64

38 500

10 400

Skjønnsmidlar til barnehagar

231 / 65

5 759 706

*

Kompetansesenter for spesialundervisning

230 / 01, 21, 45

685 426

691 792

Folkehøgskolar

253

641 301

661 181

Stipend til barn gjennom Lånekassen

2410 / 70

1 296 670

1 341 485

Stipend til barn gjennom Lånekassen

2410 / 71

36 091

42 016

* Midlane på posten er ført over til dei frie inntektene til kommunane.

Tabell 9.8 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Landbruks- og matdepartementets budsjett

(i tusen kroner)

Namn til løyvinga

Kapittel / post

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

4H Noreg

1138 / 70

6 800

6 800

Natur og Ungdom

1138 / 70

150

150

Norsk bygdeungdomslag

1138 / 70

150

150

Dyrevern ung

1138 / 70

100

100

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

1138 / 70

250

250

Lære med skogen

1150 / 50

1 200

1 200

Tabell 9.9 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Samferdselsdepartementets budsjett

(i tusen kroner)

Namn til løyvinga

Kapittel / post

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Tilskot til Trygg Trafikk

1300 / 71

27 000

27 800

Tabell 9.10 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Utanriksdepartementets budsjett

(i tusen kroner)

Namn til løyvinga

Kapittel / post

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Tilskot til UNESCOs arbeid med utdanning

170 / 71

23 500

20 000

FNs barnefond – UNICEF (kjernestønad)

170 / 72

450 000

405 000

FNs barnefond – UNICEF (programstønad)

170 / 72

570 000

555 000

Utviklingsbankane – Education for All, Fast Track Initiative

171 / 72

150 000

100 000

10 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

Finansdepartementet har, i samråd med aktuelle departement, etablert prosedyrar for innrapportering av nettobudsjetterte verksemders kontantbehaldning pr. 31. desember med verknad for statsrekneskapen for 2009.

Det er i tilknyting til budsjettproposisjonen for 2011 utarbeidd tre standardtabellar med følgjande nøkkeltal for Likestillings- og diskrimineringsombodet, Forbrukarrådet og SIFO:

Tabell 1. Utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter for verksemda basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter dei prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

Tabell 2. Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder og formålet med tabell 2 er å gi ein oversikt over dei ulike kjeldene.

Tabell 3. Verksemdas kontantbehaldningar pr. 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansettinga av overføringane.

Likestillings- og diskrimineringsombodet

Tabell 10.1 Utgifter og inntekter etter art

Rekneskap

Budsjett

31.12.2007

31.12.2008

31.12.2009

2010

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

18 825 010

19 617 704

28 392 529

37 205 000

Varer og tenester

19 894 703

15 011 182

23 778 687

16 140 000

Sum driftsutgifter

38 719 713

34 628 886

52 171 216

53 345 000

Sum utgifter

38 719 713

34 628 886

52 171 216

53 345 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

00

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyrer og lisensar

00

0

0

Refusjonar

1 180 299

727 660

2 248 115

900 000

Andre driftsinntekter

16 277

447 989

3 000

Sum driftsinntekter

1 196 576

1 175 649

2 251 115

900 000

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

29 092 000

31 943 000

49 109 000

51 128 000

Andre innbetalingar

4 982 294

2 278 857

1 942 467

1 164 000

Sum overføringar til verksemda

34 074 294

34 221 857

51 051 467

52 292 000

Sum inntekter

35 270 820

35 397 506

53 302 582

53 192 000

Netto endring i kontantbehaldninga

-3 448 843

768 620

1 131 365

-153 000

Tabell 10.2 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap år 31.12.2007

Rekneskap år 31.12.2008

Rekneskap år 31.12.2009

Budsjett år 2010

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

29 092 000

31 943 000

49 109 000

51 128 000

Løyvingar frå andre departement

00

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

00

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

00

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

29 092 000

31 943 000

49 109 000

51 128 000

Offentlige og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

00

0

0

Bidreg frå private

16 227

447 989

3 000

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

00

0

0

Sum bidrag

16 227

447 989

3 000

Oppdragsinntekter m.v.

Oppdrag frå statlege verksemder

1 622 794

0

700 000

514 000

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunal verksemd

00

0

0

Oppdrag frå private

3 359 500

2 278 857

1 242 467

650 000

Andre inntekter og tidsavgrensningar

1 180 299

727 660

2 248 115

900 000

Sum oppdragsinntekter m.v.

6 162 593

3 006 517

4 190 582

2 064 000

Sum inntekter

35 270 820

35 397 506

53 302 582

53 192 000

Tabell 10.3 Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

31.12.2007

31.12.2008

31.12.2009

Endring

Beløp i NOK

2008 til 2009

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

4 937 716

5 706 336

6 837 701

1 131 365

Behaldning på andre bankkonti

00

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

Sum kontantar og kontantekvivalenter

4 937 716

5 706 336

6 837 701

1 131 365

Avsetningar til dekning av påløpte kostnader som har forfalt i neste budsjettår:

Feriepengar m.v.

1 572 632

1 810 689

2 672 597

861 908

Skattetrekk og offentlege avgifter

1 737 351

2 000 948

2 814 505

813 557

Gjeld til leverandørar

-362 340

-66 155

0

66 155

Gjeld til oppdragsgivarar

2 109 217

1 916 250

1 342 467

-573 783

Anna gjeld som har forfalt i neste budsjettår

00

0

0

Sum til dekning av påløpte kostnader som har forfalt i neste budsjettår

5 056 860

5 661 732

6 829 569

1 167 837

Andre avsetningar:

Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

0

0

Fri verksemdskapital

-119 144

44 604

8 132

-36 472

SUM andre avsetningar

-119 144

44 604

8 132

-36 472

Sum netto gjeld og forpliktingar

4 937 716

5 706 336

6 837 701

1 131 365

Forbrukarrådet

Tabell 10.4 Utgifter og inntekter etter art

 

Rekneskap

Budsjett

31.12.2007

31.12.2008

31.12.2009

2010

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

60 610 000

64 034 000

70 800 000

70 788 000

Varer og tenester

53 102 000

42 924 000

35 816 000

47 505 000

Sum driftsutgifter

113 712 000

106 958 000

106 616 000

118 293 000

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og andelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

52 000

54 000

41 000

20 000

Sum finansielle aktivitetar

52 000

54 000

41 000

20 000

Sum utgifter

113 764 000

107 012 000

106 657 000

118 313 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

8 381 000

6 491 000

5 250 000

0

Inntekter frå avgifter, gebyrer og lisenar

00

0

0

Refusjonar

00

0

0

Andre driftsinntekter

-3 062 000

2 762 000

1 566 000

1 117 000

Sum driftsinntekter

5 319 000

9 253 000

6 816 000

1 117 000

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

85 421 000

103 718 000

104 137 000

106 846 000

Andre innbetalingar

11 846 000

1 981 000

5 591 000

10 350 000

Sum overføringar til verksemda

97 267 000

105 699 000

109 728 000

117 196 000

Finansielle aktivitetar

Innbetaling frå sal av aksjar og andelar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar (f.eks. innbet. av rente)

1 000

0

8 000

0

Sum finansielle aktivitetar

1 000

0

8 000

0

Sum inntekter

102 587 000

114 954 000

116 552 000

118 313 000

Netto endring i kontantbehaldninga

-11 177 000

7 940 000

9 895 000

0

Tabell 10.5 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap år 31.12.2007

Rekneskap år 31.12.2008

Rekneskap år 31.12.2009

Budsjett år 2010

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

85 421 000

103 718 000

104 137 000

97 149 000

Løyvingar frå andre departement

00

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorganer

00

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

00

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

85 421 000

103 718 000

104 137 000

97 149 000

Oppdragsinntekter m.v.

Oppdrag frå statlege verksemder

8 070 000

3 887 000

5 576 000

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

1 531 000

107 000

0

0

Oppdrag frå private

0

0

Andre inntekter og tidsavgrensninger

7 565 000

7 242 000

6 839 000

4 582 000

Sum oppdragsinntekter m.v.

17 166 000

11 236 000

12 415 000

4 582 000

Sum inntekter

102 587 000

114 954 000

116 552 000

101 731 000

Tabell 10.6 Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

31.12.2007

31.12.2008

31.12.2009

Endring

Beløp i NOK

2008 til 2009

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

4 490 000

12 428 000

22 377 000

9 949 000

Behaldning på andre bankkonti

3 000

11 000

-43 000

-54 000

Andre kontantbehaldningar

4 000

00

0

Sum kontantar og kontantekvivalenter

4 497 000

12 439 000

22 334 000

9 895 000

Avsetningar til dekning av påløpte kostnader som har forfall i neste budsjettår:

Feriepengar m.v.

5 425 000

5 598 000

5 661 000

63 000

Skattetrekk og offentlege avgifter

4 117 000

4 246 000

610 000

-3 636 000

Gjeld til leverandørar

1 709 000

1 975 000

5 663 000

3 688 000

Gjeld til oppdragsgivarar

-2 409 000

29 000

3 663 000

3 634 000

Anna gjeld som har forfall i neste budsjettår

451 000

173 000

1 054 000

881 000

Sum til dekning av påløpte kostnader som har forfall i neste budsjettår

9 293 000

12 021 000

16 651 000

4 630 000

Avsetningar til dekning av planlagte tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår:

Prosjekter finansiert av Noregs forskingsråd

00

0

0

Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

00

0

0

Konkrete påbegynte, ikke fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

2 456 000

659 000

-1 797 000

Andre avsetningar til vedtekne, ikkje igangsette formål

00

0

0

Konkrete påbegynte, ikke fullførte prosjekter finansiert av løyvingar frå andre departement

00

0

0

Sum avsetningar til planlagte tiltak i framtidige budsjettår

0

2 456 000

659 000

-1 797 000

Andre avsetningar:

Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

-4 796 000

-2 038 000

5 023 000

7 061 000

Fri verksemdskapital

0

0

SUM andre avsetningar

-4 796 000

-2 038 000

5 023 000

7 061 000

Sum netto gjeld og forpliktelser

4 497 000

12 439 000

22 334 000

9 894 000

Statens institutt for forbruksforsking

Tabell 10.7 Utgifter og inntekter etter art

 

Rekneskap

Budsjett

31.12.2007

31.12.2008

31.12.2009

2010

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

23 119 499

25 010 714

27 153 961

31 160 000

Varer og tenester

15 239 554

18 102 713

26 023 056

14 200 000

Sum driftsutgifter

38 359 053

43 113 427

53 177 017

45 360 000

Sum utgifter

38 359 053

43 113 427

53 177 017

45 360 000

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

23 979 000

25 010 000

25 660 000

26 481 000

Andre innbetalingar

15 498 375

20 855 390

29 199 816

19 629 000

Sum overføringar til verksemda

39 477 375

45 865 390

54 859 816

46 110 000

Sum inntekter

39 477 375

45 865 390

54 859 816

46 110 000

Netto endring i kontantbehaldninga

1 118 322

2 751 962

1 682 799

750 000

Tabell 10.8 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap år 31.12.2007

Rekneskap år 31.12.2008

Rekneskap år 31.12.2009

Budsjett år 2010

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

23 979 000

25 010 000

25 660 000

26 481 000

Løyvingar frå andre departement

00

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorganer

180 831

244 497

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

5 762 631

6 299 093

14 996 467

13 363 000

Sum løyvingar til statsoppdraget

29 922 462

31 553 590

40 656 467

39 844 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

00

0

0

Bidrag frå private

7 797 121

5 845 592

9 821 138

5 214 000

Tildelinger frå internasjonale organisasjonar

1 597 792

7 162 208

4 380 329

1 052 000

Sum bidrag

9 394 913

13 007 800

14 201 467

6 266 000

Oppdragsinntekter m.v.

Oppdrag frå statlege verksemder

00

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

00

0

0

Oppdrag frå private

00

0

0

Andre inntekter og tidsavgrensningar

160 000

1 304 000

1 882

0

Sum oppdragsinntekter m.v.

160 000

1 304 000

1 882

0

Sum inntekter

39 477 375

45 865 390

54 859 816

46 110 000

Tabell 10.9 Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

31.12.2007

31.12.2008

31.12.2009

Endring

Beløp i NOK

2008 til 2009

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

4 531 899

3 076 538

6 656 960

3 580 422

Behaldning på andre bankkonti

3 263 675

7 470 997

5 573 374

-1 897 623

Andre kontantbehaldningar

000

0

Sum kontantar og kontantekvivalenter

7 795 574

10 547 535

12 230 334

1 682 799

Avsetningar til dekning av påløpte kostnader som har forfall i neste budsjettår:

Feriepengar m.v.

2 018 351

2 269 457

2 341 103

71 646

Skattetrekk og offentlege avgifter

1 829 007

1 936 784

2 156 707

219 923

Gjeld til leverandørar

1 067 708

962 274

592 631

-369 643

Gjeld til oppdragsgivarar

2 987 065

2 093 117

0

-2 093 117

Anna gjeld som har forfall i neste budsjettår

-5 103 730

-3 006 928

864 618

3 871 546

Sum til dekning av påløpte kostnader som har forfall i neste budsjettår

2 798 401

4 254 704

5 955 059

1 700 355

Andre avsetningar:

Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

00

0

0

Fri verksemdskapital

4 997 173

6 292 830

6 275 275

-17 555

SUM andre avsetningar

4 997 173

6 292 830

6 275 275

-17 555

Sum netto gjeld og forpliktingar

7 795 574

10 547 534

12 230 334

1 682 800

Fotnotar

1.

Alle personar eksklusive studenter, dvs. personar som er aleinebuende siste året i treårsperioden og som mottek studielån.

2.

Datagrunnlaget er usikkert. Delen minoritetsspråklege barn i barnehage er rekna ut med bakgrunn i KOSTRA-tal på tallet minoritetsspråklege barn i barnehage og befolkningsstatistikk for innvandrarbarn 1 til 5 år, med unntak av svenske, danske og britiske barn. Grunnlagstala er frå SSB.

3.

Kjelde: SSB: Innvandringer, etter innvandringsgrunn og innvandringsår

4.

Kristin Henriksen (2010): Valgdeltakelsen blant innvandrere ved Stortingsvalget 2009. SSB rapport 19/2010.

5.

Ved kartlegging av bustadløyse er følgjande definisjon brukt: Ein person er bustadlaus når han eller ho manglar eigen eigd eller leigd bustad og er i ein av følgjande situasjonar:

– personen manglar tak over hovudet komande natt

– personen er vist til akutt eller mellombels overnatting

– personen er under kriminalomsorga eller på ein institusjon og skal skrivast ut innan to månader og ikkje har eit butilbod

– personen bur mellombels hos vener, kjente eller slektningar.

6.

Landgruppe 2

Til forsida