Prop. 1 S (2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

4 Nærmare om budsjettforslaget

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

200

Kunnskapsdepartementet

275 091

264 450

268 196

1,4

Sum kategori 07.10

275 091

264 450

268 196

1,4

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

3200

Kunnskapsdepartementet

8 035

Sum kategori 07.10

8 035

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

251 901

250 674

253 967

21

Særskilde driftsutgifter

20 728

11 152

11 542

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

2 462

2 624

2 687

Sum kap. 0200

275 091

264 450

268 196

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og driftsutgifter i departementet. Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter til drift av den norske UNESCO-kommisjonen og utgreiings- og utviklingsoppgåver i Kunnskapsdepartementet. Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta i utviklinga av IKT-systemet i departementet.

Mål for 2014

Måla her gjeld drift av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.

Måla for 2014:

  • Departementet skal ha eit godt grunnlag for utforming av kunnskapspolitikken.

  • Departementet skal sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk.

  • Departementet skal ha god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet.

  • Departementet skal vere førebudd på å handtere alle typar kriser i eigen sektor.

Rapport for 2012

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken for barnehage, utdanning, livslang læring og forsking. I 2012–13 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd desse proposisjonane og meldingane til Stortinget:

  • Prop. 120 L (2012–2013) Endringer i barnehageloven (politiattest m.m.)

  • Prop. 129 L (2012–2013) Endringer i opplæringslova og privatskolelova (spesialundervisning m.m.)

  • Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter

  • Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei

  • Meld. St. 24 (2012–2013) Framtidens barnehage

Kunnskapsdepartementet legg vekt på at aktørar i sektoren skal ha gode kanalar der dei kan komme med innspel til politikkutviklinga. I samband med dei tre stortingsmeldingane som skulle leggjast fram våren 2013, gjennomførte departementet ei rad dialogmøte. Vidare sette departementet opp ei seminarrekkje kalla Kunnskapsbanken. Møta og seminara medverka til dialog med aktørane i sektoren og til å få nyttige innspel til stortingsmeldingane. Departementet har også på andre måtar lagt til rette for at synspunkt kunne komme fram. Såleis oppretta departementet ein blogg der interesserte kunne gi tilbakemeldingar på arbeidet med Meld. St. 24 (2012–2013) Framtidens barnehage.

Overordna målsetjingar i statsbudsjettet skal omsetjast i praktiske tiltak og verkemiddel. I styringsdialogen med underliggjande verksemder formidlar departementet vedteken politikk og bryt overordna mål ned i mål for dei einskilde verksemdene. Tilsvarande formar departementet ut mål og tildelingskriterium for midlar som går som tilskott til privat og kommunal sektor. Departementet har i gang eit vedvarande forbetringsarbeid på styringsområdet. I 2012 har departementet lagt særleg vekt på å leggje til rette ressursar og erfaringsmateriale slik at dei erfaringane departementet samlar seg i styringa på eitt område, skal komme til nytte i forbetringsarbeidet på andre område òg.

Noreg hadde formannskapet i Nordisk ministerråd i 2012. På utdannings- og forskingsfeltet utarbeidde Kunnskapsdepartementet sektorprogrammet Velferd i praksis. I programmet vart det formulert ei rad konkrete tiltakspunkt på fire område:

  • Kunnskap for deltaking i arbeidsliv og samfunn

  • Norden som utdannings-, forskings- og innovasjonsregion

  • Nordiske språk og språkforståing

  • Norden i verda og samarbeid i Norden

Det vart gjennomført aktivitetar i tilknyting til dei aller fleste tiltakspunkta i programmet.

Etterarbeidet etter åtaket mot regjeringskvartalet 22. juli 2011 heldt fram i 2012. Tilsette som var på jobb den dagen åtaket hende, har fått tilbod om hjelp frå Bedriftshelsetenesta. Kunnskapsdepartementet la elles til rette for at medarbeidarane kunne følgje delar av strafferettssaka etter åtaket. Vidare er det arbeidd med det fysiske arbeidsmiljøet i dei lokala departementet flytte til som følgje av øydeleggingane i regjeringskvartalet.

Kunnskapsdepartementet har halde fram med det systematiske arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. Mykje merksemd er retta mot tryggingstiltak i dei lokala der departementet flytte inn. Kunnskapsdepartementet har elles arbeidd med å følgje opp rapporten frå 22. juli-kommisjonen og med innspel til det meldingsarbeidet Justis- og beredskapsdepartementet har sett i gang på sikkerheits- og beredskapsområdet.

Ein mindre del av løyvinga over kap. 200 post 21 har gått til drift av Den norske UNESCO-kommisjonen. Kommisjonen har halde fast ved prioriteringane som vart gjorde for fireårsperioden 2008–12: menneskerettar, utdanning, ytringsfridom og tryggleik for journalistar.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013. Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

02

Salsinntekter o.a.

1 204

16

Refusjon av foreldrepengar

3 018

17

Refusjon for lærlingar

146

18

Refusjon av sjukepengar

3 667

Sum kap. 3200

8 035

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

220

Utdanningsdirektoratet

322 582

320 752

465 759

45,2

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

14 452

14 322

14 548

1,6

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

96 007

89 468

90 885

1,6

223

Sametinget

36 518

37 723

39 043

3,5

224

Senter for IKT i utdanninga

93 116

89 565

91 664

2,3

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 149 767

1 156 681

1 150 112

-0,6

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

1 217 885

1 455 842

1 623 116

11,5

227

Tilskott til særskilde skolar

82 992

114 074

125 363

9,9

228

Tilskott til private skolar o.a.

3 171 441

3 285 775

3 665 800

11,6

229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

28 735

23 528

23 874

1,5

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

746 901

687 147

690 217

0,4

Sum kategori 07.20

6 960 396

7 274 877

7 980 381

9,7

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

3220

Utdanningsdirektoratet

5 491

4 805

4 973

3,5

3221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

9

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

7 609

4 732

4 898

3,5

3224

Senter for IKT i utdanninga

7 080

1 500

1 553

3,5

3225

Tiltak i grunnopplæringa

44 846

42 858

51 929

21,2

3229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

7 382

2 617

2 706

3,4

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

88 426

70 581

73 051

3,5

Sum kategori 07.20

160 843

127 093

139 110

9,5

Innleiing

Grunnopplæringa skal vere av høg kvalitet. Ho skal gi den einskilde og samfunnet nødvendige føresetnader for framtidig velferd, verdiskaping og demokratisk utvikling. Opplæringa skal medverke til å utvikle dei faglege dugleikane til elevane, deira sosiale og kulturelle kompetanse og evne til kritisk tenking og medverknad i demokratiske prosessar. Opplæringa skal gi alle elevar dugleikar, holdningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv, delta i arbeids- og samfunnslivet og ta vare på seg sjølve og andre i samfunnet. Alle skal ha moglegheit til å nå læringspotensialet sitt i ein inkluderande skole. Dette er eit omfattande og viktig mandat som samfunnet har gitt grunnopplæringa.

Samfunnsmandatet er nærmare konkretisert i formålsparagrafen for grunnopplæringa og i privatskolelova. Kommunane, fylkeskommunane og dei private skolane som er godkjende etter privatskolelova, har fått i oppdrag å realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa.

Grunnopplæringa held god kvalitet, men det er dokumentert at ho har forbetringspotensial innanfor sentrale område. Departementet vil derfor prioritere tiltak for kvalitetsutvikling som er retta mot tre mål:

  • Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet.

  • Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring med kompetanseprov som kan verdsetjast for vidare studium eller i arbeidslivet.

  • Alle elevar og lærlingar skal oppleve inkludering og meistring.

Måla blir følgde opp gjennom dei verkemidla departementet rår over. Grunnopplæringa blir i all hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskottet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale behov. Dette gjeld til både drift, investering og kvalitetsutvikling av grunnopplæring ved skolane og i lærebedriftene. For ei samla framstilling av ressursbruken i grunnopplæringa viser ein til del III i budsjettproposisjonen under kapittel 6 Ressursar i grunnopplæringa.

Programkategori 07.20 finansierer nasjonale tiltak for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa, jamfør særskilt kap. 226 post 21. Enkelte særskilde skolar og private skolar som er godkjende etter privatskolelova, blir også finansierte over programkategori 07.20 høvesvis kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa, kap. 227 Tilskott til særskilde skolar og kap. 228 Tilskott til private skolar o.a.

Hovudprioriteringar for 2014

I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa nye tiltak og styrkingar i grunnopplæringa på til saman 750 mill. kroner.

Regjeringa foreslår i 2014 å løyve om lag 50 mill. kroner til å styrkje satsinga retta mot fag- og yrkesopplæringa. Styrkinga er ei oppfølging av Meld. St. 20 (2012–2013) og omfattar ei satsing på yrkesfaga for mellom anna å auke gjennomføringa i denne delen av vidaregåande opplæring og for å nå måla i samfunnskontrakten. Regjeringa foreslår 106 mill. kroner til rett til påbygging til generell studiekompetanse etter oppnådd fagbrev slik at det blir meir attraktivt å fullføre ei yrkesutdanning. Av dette er 98 mill. kroner lagde inn i rammetilskottet til fylkeskommunane.

Regjeringa foreslår 15,7 mill. kroner til å innføre ein rett til vidaregåande opplæring for ungdom mellom 16 og 18 år som søkjer opphald i Noreg.

Hausten 2012 vart valfag innført på 8. trinn, og i 2013 vart valfag innført på 9. trinn. I budsjettet for 2014 foreslår regjeringa å kompensere kommunane for heilårseffekten av valfag på 9. trinn med 95,7 mill. kroner. I tillegg er satsen til private skolar justert med heilårsverknaden av tiltaket. I 2014 blir det foreslått å innføre valfag på 10. trinn frå hausten 2014. Skoleeigarane blir kompenserte med 71,2 mill. kroner. Av dette er 68,3 mill. kroner lagde inn i rammetilskottet til kommunane.

I budsjettet for 2013 vart det innført ein veketime med kulturskoletilbod i skole-/SFO-tida. Regjeringa foreslår at skoleeigarane blir kompenserte for heilårseffekten med 108,2 mill. kroner i budsjettet for 2014. Av dette er 106,2 mill. kroner lagde inn i rammetilskottet til kommunane.

Frå og med hausten 2013 vart det innført ei tilskottsordning for å auke talet på lærarar på ungdomstrinnet. Målet er å styrkje lærartettleiken og på den måten bidra til å gi tilpassa opplæring, samt å styrkje dei grunnleggjande dugleikane. Til saman 166 skolar inngår i ordninga. Regjeringa foreslår i budsjettet for 2014 å løyve 217 mill. kroner for å kompensere for heilårseffekten av tiltaket.

I budsjettet for 2009 vart det innført ei åtteårig ordning med rentekompensasjon for rehabilitering og investering i skole- og symjeanlegg med sikte på ei investeringsramme på 15 mrd. kroner. Investeringsramma blir gradvis fasa inn i budsjettet. Frå 2009 til 2013 er 10 mrd. kroner av ramma nytta. I 2014 foreslår departementet å fase inn ytterlegare 1 mrd. kroner med ein budsjetteffekt på 20 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner for å vidareføre det samla opplæringstilbodet ved rusbehandlingsinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Fossumkollektivet.

I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa 32 mill. kroner til styrking av utstyrsstipendet i vidaregåande opplæring for å sikre betre samsvar mellom kostnadene til elevane og stipendsatsen.

Haugesund toppidrettsgymnas og Wang toppidrettsgymnas er godkjende etter privatskolelova, og dei er i tillegg godkjende som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund. Frå og med hausten 2013 får desse skolane toppidrettstilskott på same måte som andre godkjende toppidrettsgymnas. I budsjettet for 2014 foreslår regjeringa å kompensere for heilårseffekten på 6 mill. kroner.

Regjeringa foreslår 2 mill. kroner til å dekkje varig auka kostnader for Briskeby vidaregåande skole for hørselshemma som følgje av overgang til privatskolelova, og 3,4 mill. kroner til eit ekstra tilskott til Kongshaug musikkgymnas.

Lillegården kompetansesenter og Senter for atferdsforskning vart 1. januar 2013 slåtte saman til eitt senter, Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning, knytt til Universitetet i Stavanger. Regjeringa foreslår å løyve 3,6 mill. kroner for å kompensere for ekstra kostnader knytte til samanslåinga. I tillegg har Kunnskapsdepartementet i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet etablert eit nytt Nasjonalt senter for ernæring, fysisk aktivitet og helse i barnehage og skolar knytt til Høgskolen i Bergen. Senteret vil i 2014 ha eit budsjett på 7,3 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår å setje av 3,7 mill. kroner i 2014. Resterande del av løyvinga blir dekt av Helse- og omsorgsdepartementet.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til vitensentra med 4,5 mill. kroner, løyvinga til landslinjer med 0,5 mill. kroner slik at ny landslinje i smedfag i Odda kan godkjennast, og løyvinga til kulturarbeidet til Seanse med 0,5 mill. kroner.

I tillegg til dei nye tiltaka og styrkingane foreslår regjeringa å føre vidare sentrale tiltak innanfor grunnopplæringa. Mellom anna blir midlane til kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar ført vidare med 372 mill. kroner. Dette gjeld strategien Kompetanse for kvalitet 2012–2015 kor departementet legg til rette for at nye 1 850 lærarar og 400 skoleleiarar kan starte opp med vidareutdanning hausten 2014.

Departementet vil óg halde fram med satsinga på ungdomstrinnet gjennom Ungdomstrinn i utvikling 2012–2017. Departementet tar sikte på å setje av 145 mill. kroner til satsinga. Satsinga omhandlar skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, lesing, skriving og rekning. Departementet legg opp til at 300 skolar skal starte opp med kompetanseutvikling i klasseleiing hausten 2014.

Departementet vil òg føre vidare arbeidet frå Ny GIV-prosjektet med å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. I 2014 tek departementet sikte på å setje av 68 mill. kroner til tiltaket.

Tilstandsvurdering av sektormåla

Grunnleggjande dugleikar er eit nødvendig grunnlag for både fagkunnskap og læringsutbytte i vid forstand. Gode faglege elevprestasjonar heng dessutan tett saman med eit godt læringsmiljø på skolen. Arbeidet for betre læringsmiljø har dermed eitt dobbelt formål: som eit mål i seg sjølv og som eit middel for betre læringsutbytte og høgre gjennomføring av vidaregåande opplæring. Vidare kan ein i stor grad forklare sannsynlegheita for å gjennomføre vidaregåande opplæring med det faglege og sosiale grunnlaget elevane har frå grunnskolen. For å nå sektormålet om gjennomføring må elevar og lærlingar både gjennomføre vidaregåande opplæring og oppnå kompetanse som blir verdsett i høgre utdanning eller på arbeidsmarknaden. Elevar med generell studiekompetanse er utdanningsorienterte etter vidaregåande opplæring. For desse elevane utgjer høgre utdanning den viktigaste kvalifikasjonen deira på arbeidsmarknaden. For elevar med yrkesfagleg kompetanse vil vidaregåande opplæring i langt større grad utgjere den viktigaste kvalifikasjonen deira på arbeidsmarknaden.

Sektormåla for grunnopplæringa gir i kombinasjon eit godt grunnlag for å vurdere om grunnopplæringa gir den einskilde og samfunnet nødvendige føresetnader for framtidig velferd, verdiskaping og demokratisk utvikling. Både svake grunnleggjande dugleikar og ikkje fullført vidaregåande opplæring svekkjer grunnlaget for deltaking i vidare utdanning og i arbeids- og samfunnslivet vesentleg. Fullført vidaregåande opplæring er den plattforma all ungdom bør ha for å vere rusta for arbeids- og samfunnslivet. Det er stadig færre jobbar som ikkje krev vidaregåande opplæring eller høgre utdanning. I tillegg er personar utan vidaregåande opplæring spesielt sårbare for utstøyting frå arbeidsmarknaden i økonomiske nedgangstider.

Sektormåla gjeld for alle elevar og lærlingar, men det er store forskjellar i måloppnåing mellom ulike elevgrupper, slik som etter kjønn, sosial og økonomisk bakgrunn og mellom innvandrarar, norskfødde med innvandrarbakgrunn og dei øvrige elevane.

Det betyr ikkje at effekten av elevbakgrunn for dei ulike sektormåla er uforanderleg. Til dømes er effekten av sosial og økonomisk bakgrunn svakare i Noreg enn i mange andre land, og effekten varierer også mellom norske kommunar og skolar.

Mål: Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet

PISA-undersøkinga frå 2009, som testar 15-åringar i lesing, naturfag og matematikk, viser ein tydeleg framgang frå 2006 i alle kompetansane, men størst i lesing. Dei norske elevane ligg over gjennomsnittet for OECD-landa i lesing og rundt gjennomsnittet i matematikk og naturfag. TIMSS-undersøkinga frå 2011 stadfestar den positive utviklinga frå PISA. TIMSS syner ei tydeleg forbetring av prestasjonane til norske elevar i matematikk og naturfag på 4. og 8. trinn etter 2003, med unntak av naturfag for elevar på 8. trinn, der nivået er stabilt frå 2003 til 2011. 500 poeng er skalamidtpunktet for undersøkinga, og noko forenkla tilsvarere om lag 30–40 poeng den gjennomsnittlege framgangen i prestasjonar til elevane i løpet av eit skoleår. Elevprestasjonane i matematikk på 4. trinn auka med 44 poeng frå 2003 til 2011, og utgjer den største positive endringa i matematikk på 4. trinn blant landa i undersøkinga.

Figur 4.1 Gjennomsnittlege elevprestasjonar for 4. og 8. trinn i TIMSS.

Figur 4.1 Gjennomsnittlege elevprestasjonar for 4. og 8. trinn i TIMSS.

Kjelde: Grønmo m.fl. 2012

Som følgje av forskjellar i alder ved skolestart mellom land kan norske elevar på 5. trinn snarare samanliknast i alder med elevar på 4. trinn i mange andre land. Norske elevar på 5. trinn er klart betre enn svenske og danske og på nivå med finske jamnaldrande elevar i TIMSS.

PIRLS-undersøkinga frå 2011, som testar leseprestasjonar for 4. og 5. trinn, syner også ei klar forbetring i lesing, med ein auke på ni og elleve poeng frå 2006 til 2011. Norske elevar ligg over det internasjonale gjennomsnittet for både 4. og 5. trinn. Som følgje av forskjellar i alder ved skolestart mellom land kan norske elevar på 5. trinn snarare samanliknast i alder med elevar på 4. trinn i mange andre land. Dei norske elevane på 5. trinn ligg godt over det internasjonale gjennomsnittet i lesing i PIRLS.

Samtidig syner alle dei internasjonale undersøkingane at spreiinga eller avstanden mellom fagleg sterke og fagleg svake elevar er tydeleg redusert i same tidsperiode. Auken i gjennomsnittlege elevprestasjonar og reduksjonen i spreiinga kan i stor grad forklarast med betre resultat for elevane med dei svakaste prestasjonane. Samanlikna med andre land er det framleis få elevar på dei høgste prestasjonsnivåa i undersøkingane.

I PISA 2009 vart det i 16 OECD-land gjennomført ei tilleggsundersøking av den digitale lesinga til elevane. Testen måler ikkje digitale dugleikar, men evna til elevane til å lese, navigere i og vurdere informasjon frå digitale tekstar. Dei norske elevane presterer som gjennomsnittet i undersøkinga. Dei norske elevane skårar under gjennomsnittet på oppgåver som krev stor innsats, og dei les morosame og personlege tekstar betre enn saklege tekstar med akademisk språk. I alle land gjer jentene det betre enn gutane, men forskjellen er mindre enn på den papirbaserte prøva i hovuddelen av PISA. Undersøkinga Monitor 2011 inneheld også ein test av den digitale kompetansen til elevane etter utvalde kompetansemål i læreplanen etter 7. og 10. trinn. Resultata viser store forskjellar i prestasjonar mellom elevane.

I 2009 vart ICCS, ei internasjonal undersøking om medborgarskap og demokrati, gjennomført. Resultata viste at norske elevar på 8. og 9. trinn har svært gode kunnskapar om og dugleikar i demokrati og medborgarskap samanlikna med elevar i dei andre landa, og er om lag på same nivået som for undersøkinga i 1999. Elevane har også gode demokratiske holdningar, til dømes til likestilling.

I motsetnad til internasjonale undersøkingar kan ein ikkje tolke endringar i nasjonal karakterstatistikk og nasjonale prøver som endringar i faglege dugleikar frå eitt elevkull til eit anna. Det skyldast at prøvene ikkje har eit felles utgangspunkt som endringar over tid kan samanliknast med. Dei kan derimot vise forskjellar mellom kommunar, skolar og elevgrupper. Til dømes er det svært store forskjellar i gjennomsnittlege grunnskolepoeng mellom elevar etter utdanningsnivået til foreldra, jf. figur 4.2.

Figur 4.2 Gjennomsnittlege grunnskolepoeng etter utdanningsnivået til foreldra.

Figur 4.2 Gjennomsnittlege grunnskolepoeng etter utdanningsnivået til foreldra.

Kjelde: SSB 2013. Grunnskolepoeng er eit samlemål for alle karakterane ved avslutta grunnskole

Mål: Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring med kompetanseprov som kan verdsetjast for vidare studium eller i arbeidslivet

Gjennomføring av vidaregåande opplæring

Gjennomføring av vidaregåande opplæring har over lang tid lege stabilt på rundt 70 pst., jf. figur 4.3. Forskjellen mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram er også svært stabil. Det er store forskjellar i kompetanseoppnåinga til dei elevane som ikkje fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Av dei elevane som starta på vidaregåande opplæring i 2007, slutta 17 pst. undervegs i opplæringa, medan resten anten var i vidaregåande opplæring framleis (seks pst.), eller dei hadde gjennomført utan å ha bestått (sju pst.).

Ein del av elevane som ikkje fullfører og består i løpet av fem år, kjem tilbake til vidaregåande opplæring på eit seinare tidspunkt. Dersom måletidspunktet blir sett til ti år etter påbegynt opplæring, aukar delen elevar som fullfører og består vidaregåande opplæring til rundt 80 pst.

Figur 4.3 Kompetanseoppnåing fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring. Årstala viser til tidspunktet da elevane starta i vidaregåande opplæring

Figur 4.3 Kompetanseoppnåing fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring. Årstala viser til tidspunktet da elevane starta i vidaregåande opplæring

Kjelde: SSB

Det er store variasjonar mellom fylkeskommunane, jf. figur 4.4. Dei største utfordringane er i Nord-Noreg, og det er i liten grad skoleeksterne faktorar som forklarer den svake gjennomføringa. Det tyder på at faktorar som fylka sjølve kan påverke, er ei viktig forklaring på forskjellane mellom fylka og resten av landet. Sogn og Fjordane, Akershus og Oslo har klart høgst gjennomføring av vidaregåande opplæring.

Figur 4.4 Fullført på normert eller meir enn normert tid fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, på fylkesnivå. Årstala viser til tidspunktet da elevane starta i vidaregåande opplæring.

Figur 4.4 Fullført på normert eller meir enn normert tid fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, på fylkesnivå. Årstala viser til tidspunktet da elevane starta i vidaregåande opplæring.

Kjelde: SSB

Gjennomføring av vidaregåande opplæring blir målt også etter overgangar frå kvart trinn i vidaregåande opplæring, jf. figur 4.5. Elevar kan ha ordinær progresjon, vere ute av vidaregåande opplæring eller repetere lågare eller same trinn i vidaregåande opplæring. 83,7 pst. av elevane frå Vg1 hadde ein ordinær progresjon i 2012. Det er ein svak tilbakegang samanlikna med 2011. Delen elevar med ordinær progresjon frå Vg2 ligg stabilt på rundt 80 pst. i perioden 2007 til 2012. For overgangen frå Vg3 auka delen elevar med ordinær progresjon frå 2007 til 2009, men har deretter vorte redusert. Det er særleg studieførebuande utdanningstilbod som forklarer nedgangen, inkludert påbygging til generell studiekompetanse. Delen elevar som er ute av vidaregåande opplæring i eitt år, aukar frå rundt ni–ti pst. frå Vg1 til rundt 15 pst. frå Vg2. For overgangen frå Vg3 i 2012 er rundt 27 pst. av elevane ute av vidaregåande opplæring i eitt år. Dette tyder på at overgangen mellom Vg2 og Vg3 er særleg kritisk for at elevar skal gjennomføre vidaregåande opplæring.

Figur 4.5 Overgangar i vidaregåande opplæring. Årstala viser til tidspunktet da overgangane skjer.

Figur 4.5 Overgangar i vidaregåande opplæring. Årstala viser til tidspunktet da overgangane skjer.

Kjelde: SSB/Utdanningsdirektoratet

Oppfølgingstenesta (OT) er ei fylkeskommunal teneste som skal følgje opp ungdom som har rett til opplæring, men som ikkje er i opplæring eller arbeid. All ungdom i målgruppa skal få tilbod om opplæring, arbeid eller andre kompetansefremjande tiltak. I løpet av dei siste åra har det vore ein tydeleg nedgang i talet på ungdomar oppfølgingstenesta ikkje får kontakt med samtidig som talet på ungdom som er i aktivitet har auka, jf. figur 4.7.

Verdsetjing av kompetanseprov for vidare studium eller i arbeidslivet

Arbeidsløysa blant ungdom (16–24 år) auka frå 7,5 pst. i 2008 til 9,3 pst. i 2010. I 2012 var arbeidsløysa blant ungdom redusert til om lag 8,6 pst. I sum tyder mykje på at grunnopplæringa utdannar ungdom med kompetanse som blir verdsett på arbeidsmarknaden.

Samtidig fungerer ikkje alle delar av fag- og yrkesopplæringa like godt. Det kjem til uttrykk ved at elevane vel bort yrkesfagleg kompetanse undervegs i opplæringsløpet, og at arbeidsmarknaden verdset kompetansen til fagarbeidarane ulikt.

For utdanningsprogramma service og samferdsel, design og handverk og naturbruk er det berre rundt 20 pst. av elevane som oppnår yrkesfagleg kompetanse fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring i 2006. Frå helse- og oppvekstfag oppnår 23 pst. yrkesfagleg kompetanse, og på restaurant- og matfag oppnår 26 pst. det same. I dei meir tradisjonelle yrkesfaga innanfor teknikk og industriell produksjon, bygg- og anleggsteknikk og elektrofag oppnår derimot mellom 40 og 50 pst. av elevane yrkesfagleg kompetanse fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring i 2006.

Det er store variasjonar over tid i talet på beståtte fag- og sveinebrev, jf. figur 4.6. Tala for bygg- og anleggsteknikk har vore meir eller mindre stabile med rundt 4 500 beståtte kandidatar sidan finanskrisa i 2008, samtidig som næringa rapporterer om underskott på kvalifisert arbeidskraft gjennom bedriftsundersøkinga til Nav. Helse- og oppvekstfag har derimot opplevd ein stor auke i talet på fagarbeidarar sidan 2006. Service og samferdsel har også auka vesentleg, medan restaurant- og matfag har hatt ein svak tilbakegang. Samanlikna med størrelsen på relevante næringar for service og samferdsel og restaurant- og matfag er likevel talet på fagarbeidarar begrensa.

Figur 4.6 Talet på beståtte fag- og sveineprøver i fag- og yrkesopplæringa

Figur 4.6 Talet på beståtte fag- og sveineprøver i fag- og yrkesopplæringa

Vertikal linje representerer innføringa av Kunnskapsløftet. Enkelte utdanningstilbod (merkte med *) vart vesentleg endra i den nye tilbodsstrukturen, men kan likevel samanliknast med tilsvarande tilbod i den gamle tilbodsstrukturen (Reform 94).

Kjelde: SSB

Figur 4.7 Talet på ungdom i målgruppa for Oppfølgingstenesta som er ukjende eller i aktivitet, per juni kvart år.

Figur 4.7 Talet på ungdom i målgruppa for Oppfølgingstenesta som er ukjende eller i aktivitet, per juni kvart år.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet 2013

For fagarbeidarar frå dei ulike utdanningsprogramma varierer delen som er utanfor både arbeid og utdanning, relativt lite, jf. figur 4.8. Det som skil utdanningsprogramma frå kvarandre, er om fagarbeidarane går direkte til arbeidslivet etter avlagd fag- og yrkesopplæring eller søkjer seg vidare til høgre eller anna utdanning. For service og samferdsel, teknikk og industriell produksjon og medium og kommunikasjon er det ein vesentleg del av nyutdanna fagarbeidarar som ikkje vurderer fag- og sveinebrevet som eit endeleg mål for utdanninga.

Figur 4.8 Sysselsetjingsstatus per november 2010 for fagarbeidarar som oppnådde fag-/sveinebrev i skoleåret 2009–10

Figur 4.8 Sysselsetjingsstatus per november 2010 for fagarbeidarar som oppnådde fag-/sveinebrev i skoleåret 2009–10

Der det ikkje er oppgitt tal, inneheld minst ein av kategoriane «I utdanning» eller «Utanfor arbeid og utdanning» for få individ til at talet kan publiserast etter retningslinjene til SSB.

Mål: Alle elevar og lærlingar skal oppleve inkludering og meistring

Elevundersøkinga gir tilbakemelding på kva for oppfatning elevane har av sin eigen læringssituasjon, og er obligatorisk å gjennomføre for skoleeigarane på 7. og 10. trinn i grunnskolen og for elevar på Vg1 i vidaregåande opplæring. I 2013 vart undersøkinga gjort på hausten, og det inneber at statistikken ikkje blir tilgjengeleg før mot slutten av 2013.

Figur 4.9 Rapportering frå elevane om læringsmiljøet på skolen

Figur 4.9 Rapportering frå elevane om læringsmiljøet på skolen

Kjelde: Elevundersøkinga 2010 og 2012

Trivselen i skolen er generelt høg gjennom heile grunnopplæringa. Det er likevel rundt åtte til ni pst. som seier at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare på 7. og 10. trinn. Denne delen er noko lågare på 1. trinn av vidaregåande opplæring. Desse tala har vore stabile over lang tid. Med mobbing meiner ein gjenteke negativ åtferd frå ein eller fleire retta mot ein elev.

Når det gjeld motivasjon, skjer det ei tydeleg endring på ungdomstrinnet i delen elevar som likar skolearbeidet godt eller svært godt. Medan over 60 pst. i 2012 likar skolearbeidet godt eller svært godt på 7. trinn, er det berre 37 pst. av elevane som opplever det same på 10. trinn. På Vg1 var det i 2012 i underkant av 50 pst. av elevane som likar skolearbeidet godt eller svært godt. For alle desse trinna har det likevel vore ei klar forbetring frå 2008 til 2012. For 7. trinn har delen elevar som likar skolearbeidet godt eller svært godt auka frå 56 pst. til 62 pst. for 10. trinn har denne delen auka frå 34 pst. til 37 pst. og for Vg1 har delen auka frå 43 pst. til 49 pst.

Det har òg vore ei forbetring i delen elevar som trivst på skolen. For 7. trinn har delen elevar som trivst godt eller svært godt auka frå 85 pst. til 89 pst., for 10. trinn har denne delen auka frå 82 pst. til 84 pst., og for Vg1 har delen auka frå 86 pst. til 88 pst., jf. figur 4.10.

Figur 4.10 Delen elevar som trivst godt eller svært godt

Figur 4.10 Delen elevar som trivst godt eller svært godt

Kjelde: Elevundersøkinga 2008–12

Samanlikna med dei andre trinna kan ein også observere ein svak auke på ungdomstrinnet i delen elevar som ofte eller svært ofte blir forstyrra av bråk og uro. Om lag 29 pst. av elevane på 10. trinn rapporterer at dei blir forstyrra av bråk og uro ofte eller svært ofte.

Resultata frå ICCS-undersøkinga viser at nordiske elevar opplever miljøet i klasserommet som meir ope enn det internasjonale gjennomsnittet. Ein svært stor del av elevane i Noreg seier at dei har rettferdige, engasjerte og lyttande lærarar, og mange elevar er engasjerte i elevrådsarbeid.

Ei undersøking av ungdomsskoleelevar i 1992, 2002 og 2010 viser ein nedgang i konfliktnivået mellom elevane og lærarane, særleg i løpet av 2000-tallet. Talet på elevar som er heilt eller litt einige i at dei trivst på skolen, auka frå 1992 til 2010. I same tidsperiode er delen elevar som oppgjer at dei kjeder seg, og delen som oppgjer at dei gruer seg til å gå på skolen, vorten redusert.

Elevundersøkinga og annan dokumentasjon tyder på at opplæringa generelt sett ikkje i tilstrekkeleg grad blir fagleg tilpassa korkje fagleg sterke eller fagleg svake elevar. Det er ikkje alle elevar som opplever høge krav til læring. Den relativt låge delen norske elevar som presterer på høgste nivå i dei internasjonale undersøkingane, kan tyde på at opplæringa framleis ikkje blir tilpassa i tilstrekkeleg grad.

Samla vurdering av sektormåla

Det har skjedd eit tydeleg brot i nivået på dei faglege prestasjonane til elevane, særleg på dei første trinna i grunnskolen. Forbetringane blir i stor grad forklarte av at delen svakt presterande elevar er vorten mindre.

Både Elevundersøkinga og internasjonale undersøkingar tyder på at læringsmiljøet til elevane derimot i stor grad har vore stabilt sidan starten av 2000-talet. Sidan 2007 har delen elevar som har vorte mobba to til tre gonger i månaden eller oftare, lege på rundt åtte–ni pst. for elevar på 7. og 10. trinn. For elevar på Vg1 har denne delen lege på rundt seks pst. i same tidsperiode. Dei interasjonale undersøkingane viser at det er høg trivsel i norske skolar samenlikna med andre land.

Dei auka faglege elevprestasjonane i grunnskolen har ikkje gitt seg store utslag på gjennomføringa av vidaregåande opplæring totalt sett, som i hovudsak er stabil. Det er særleg for overgangen frå Vg3 for studieførebuande utdanningstilbod at måloppnåinga har vore for svak i dei siste åra. Svak gjennomføring av yrkesfaglege utdanningsprogram er framleis ei vesentleg utfordring i grunnopplæringa. Sjølv om grunnopplæringa i stor grad utdannar ungdom med relevant kompetanse, er ikkje overgangen til arbeidsmarknaden god nok for alle delar av fag- og yrkesopplæringa. Særleg gjeld det for utdanningsprogramma service og samferdsel, restaurant- og matfag, design og handverk og helse- og oppvekstfag.

Strategiar og tiltak

Regjeringa er opptatt av å ta vare på det breie samfunnsmandatet til skolen, der danning og innsikt i kulturelt mangfald er viktig i tillegg til dei tradisjonelle kompetansemåla. Tilstandsvurderinga viser at grunnopplæringa har mange sterke sider. Måloppnåinga er derimot ikkje god nok innanfor områda læringsmiljø, gjennomføring av vidaregåande opplæring og overgangen til arbeidsmarknaden.

Det er nødvendig å videreføre pågåande tiltak og setje inn nye tiltak frå statleg side som meir effektivt kan støtte opp under det ansvaret som skoleeigarane har for at grunnopplæringa skal bli betre. Det er fleire sentrale satsingar som departementet også vil gjennomføre i 2014 for å nå måla i grunnopplæringa.

Kompetanseutvikling for auka læringsutbytte

Regjeringa ønskjer å sikre at elevane får tilpassa opplæring, eit godt læringsutbytte, og at færrast mogleg fell frå i vidaregåande opplæring. Ein av dei viktigaste faktorane for læring er kompetansen til læraren. Eit viktig kvalitetstiltak i grunnopplæringa er derfor den omfattande satsinga på kompetanseutvikling for tilsette i sektoren. Dette gjeld vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar, skolebasert kompetanseutvikling for lærarar på ungdomstrinnet, kompetanseutvikling for auka kvalitet i og gjennomføring av vidaregåande opplæring, satsing på kompetanseutvikling for opplæring av minoritetsspråklege barn, unge og vaksne samt etter- og vidareutdanning av tilsette i den pedagogisk-psykologiske tenesta. Totalt får om lag 9 000 lærarar og skoleleiarar tilbod om kompetanseheving i skoleåret 2013–14.

Gjennom strategien Kompetanse for kvalitet Strategi for etter- og videreutdanning 2012–15 legg regjeringa til rette for at 1 850 lærarar og 400 skoleleiarar kan starte på vidareutdanning hausten 2014. Strategien har som mål å styrkje den faglege kompetansen hos tilsette i skolen på prioriterte fagområde. Frå skoleåret 2009–10 til skoleåret 2012–13 har samla deltaking av lærarar i vidareutdanning auka med om lag 30 pst.

Barnehage og utdanning er eit viktig tema i Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk Mangfold og fellesskap. Det er eit mål for regjeringa at flest mogleg kan fullføre den utdanninga dei ønskjer og har behov for, blir aktive og inkluderte samfunnsdeltakarar og tilknytte arbeidslivet. Mange minoritetsspråklege barn, unge og vaksne møter særskilde utfordringar i utdanninga. Regjeringa ønskjer å auke deltakinga i barnehage for dei yngste barna, sikre tilpassa opplæring og eit godt læringsutbytte for alle i grunnskolen og vidaregåande opplæring, hindre fråfall i vidaregåande opplæring og sikre at vaksne som treng det, får eit opplæringstilbod tilpassa sine behov.

Det har vore ei positiv utvikling for norskfødte elevar med innvandringsbakgrunn når det gjeld talet som fullfører og består vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Desse elevane fullfører no vidaregåande opplæring på lik linje med befolkninga totalt. For nærmare omtale av situasjonen for minoritetsspråklege elevar, samt rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn til lærarutdanningane, sjå omtale av mål for integrering i del III i Prop. 1 S (2013–2014) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Regjeringa vil styrkje kompetansen på opplæring av minoritetsspråklege i universitet- og høgskolesektoren, hos skoleeigar, barnehagestyresmakt, tilsette i barnehage og skole og andre sentrale yrkesgrupper som er knyta til skole og barnehage. Også andre tiltak vil bli sett i gang.

Som oppfølging av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap, ei melding om barn, unge og vaksne med behov for særskild støtte i opplæringa, er det sett i gang ein strategi for etter- og vidareutdanning for tilsette i den pedagogisk- psykologiske (PP)-tenesta (2013–18). Satsinga skal føre til at PP-tenesta blir betre rusta til å arbeide systemretta og til å bistå skolane til å gjere meir innanfor ramma av den tilpassa opplæringa.

Eit meir praktisk og motiverande ungdomstrinn

For å nå målet om ei meir praktisk, variert og relevant opplæring, jf. Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon–Mestring–Muligheter Ungdomstrinnet tek regjeringa fire hovudgrep på ungdomstrinnet: Dette gjeld kompetanseutvikling for lærarar, innføringa av valfag, auka fleksibilitet gjennom endring i fag- og timefordelinga og fleire lærarar.

Det er utarbeidd ein eigen strategi for ungdomstrinnet, Ungdomstrinn i utvikling (2012–2017). Strategien inneber ei felles satsing på klasseleiing, lesing, skriving og rekning, der kompetanseheving og erfaringsutveksling om praktiske og varierte metodar er eit viktig element. Ambisjonen er at alle skolar med ungdomstrinn skal delta i satsinga i løpet av strategiperioden. Hausten 2013 deltok 250 skolar, og 300 nye skolar skal i gang hausten 2014.

14 nye valfag er allereie innførte for elevar på 8. og 9. trinn, og regjeringa vil no innføre valfaga for 10. trinn frå hausten 2014.

Regjeringa satsar på auka lærartettleik på ungdomstrinnet og har oppretta ei fireårig øyremerkt tilskottsordning som eit forsøk frå hausten 2013. Elevane kan da få betre oppfølging, og det er lagt til rette for ei meir praktisk opplæring. Det er no gitt tilskott til 573 nye lærarårsverk på ungdomstrinnet frå skoleåret 2013–14. Ungdomsskolar med meir enn 20 elevar per lærar og grunnskolepoeng under snittet for landet får tilbod om å delta. Til saman får 200 ungdomsskolar delta i den nye prøveordninga, som skal vare i fire år.

Gjennomføring og kvalitet i vidaregåande opplæring

Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei lanserer eit langsiktig og omfattande arbeid for å forbetre vidaregåande opplæring i Noreg. I meldinga foreslår regjeringa ei tiltakskjede som samla sett vil ruste opp fag- og yrkesopplæringa og auke fleksibiliteten i vidaregåande opplæring. Det skal bli enklare å tilpasse den vidaregåande opplæringa til kva elevane ønskjer og kva bransjane og elevane treng. I meldinga varslar departementet mellom anna at det skal bli lagt til rette for bruk av vekslingsmodellar i fag- og yrkesopplæringa, valfrie programfag på yrkesfag, og fylkeskommunane får fleksibilitet til å plassere fag og timar etter lokale behov, innanfor ramma av minstetimetalet. Alle lærlingar som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring, får frå hausten 2014 rett til påbygging til generell studiekompetanse. Dette er ei historisk utviding av retten til vidaregåande opplæring. I dag er det om lag 15 pst. av eit elevkull som fullfører med fag- eller sveinebrev, sjølv om halvparten startar på yrkesfaglege studieprogram. Målet med ein rett til påbygging etter bestått fag- og yrkesopplæring er at fleire skal fullføre opplæringa og utdanne seg til fagarbeidarar. Det skal bli betre samanheng mellom dei studieførebuande utdanningsprogramma og høgre utdanning, mellom anna gjennom etablering av eit nasjonalt forskingsprosjekt som skal sjå på kvalitet, innhald og relevans i dei studieførebuande utdanningsprogramma, og oppretting av programråd for dei studieførebuande utdanningsprogramma.

I 2012 vart Samfunnskontrakten for flere læreplasser underteikna av kunnskapsministeren og partane i arbeidslivet. Tiltaka i samfunnskontrakten skal innan utgangen av 2015 auke talet på lærekontraktar med 20 pst. i forhold til nivået ved utgangen av 2011. I perioden 30. september 2011 til 1. oktober 2012 vart det inngått nærmare to pst. fleire lærekontraktar enn i same periode året før. Fleire av tiltaka i Meld. St. 20 (2012–2013) vil medverke til å nå måla i samfunnskontrakten.

Regjeringa sette i juni 2013 ned eit offentleg utval (NOU) som skal vurdere korleis innhaldet i skolen dekkjer dei ulike kompetansane som elevane vil trenge i eit framtidig samfunns- og arbeidsliv. Sjølv om det har skjedd grunnleggjande endringar i Noreg og andre vestlege samfunn i dei siste 20–30 åra, har skolen hatt omtrent dei same faga. Utvalet skal vurdere om vi har dei riktige faga, og om faga har eit relevant innhald. Utvalet skal levere ei delutgreiing i 2014 og ei hovudutgreiing med tilrådingar i 2015.

Ny GIV vart etablert i 2010 for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Prosjektet omfattar både nasjonale og lokale tiltak som intensivopplæring på ungdomstrinnet, tett oppfølging, sommaraktivitetar, yrkesretting av fellesfag og utvikling av eit betre statistikkgrunnlag. Regjeringa vil føre vidare tiltak for auka gjennomføring innanfor vidaregåande opplæring. Strategien Ungdomstrinn i utvikling vil ta i vare satsinga på betre opplæring i lesing, skriving og rekning for elevar på ungdomstrinnet. Departementet vil tidlegast i 2016 ha tal på gjennomføringa for første kull av «Ny GIV-elevar» og kan da betre vurdere korleis intensivopplæringa for elevar på 10. trinn har virka. Det same gjeld praksisnær opplæring, oppfølging og tverretatleg samarbeid rundt ungdommar utanfor skole, der verknader må sjåast i eit lengre perspektiv. Erfaringa frå Ny GIV er at prosjektet har gitt felles forståing mellom departementet og skoleeigarane om korleis ulike tiltak fungerer for målgruppa. Det er mellom anna viktig med langsiktig og god leiarkraft i den enkelte fylkeskommunen for å lykkast med tiltaka.

Eit godt læringsmiljø

Alle elevar har rett til eit godt og inkluderande læringsmiljø som fremmer tryggleiken, helsa, trivselen og læringa deira. Regjeringa vil i 2014 starte ei målretta satsing på fleirfagleg kompetanse i skolen gjennom prosjektet–Et lag rundt læreren. Målet er å dokumentere kunnskap om og effektar av korleis systematisk satsing på fleirfagleg kompetanse i skolen kan føre til betre læringsmiljø, auka læringsutbytte, tidleg innsats overfor utsette grupper av elevar og frigjere tid for læraren til undervisning.

Regjeringa vil føre vidare den femårige satsinga Bedre læringsmiljø med vekt på klasseleiing, relasjonar i skolen, psykisk helse og skolebasert kompetanseutvikling. Vidare er det eit mål at skolar og skoleeigarar arbeider kunnskapsbasert, langsiktig og systematisk. Utdanningsdirektoratet gir frå hausten 2013 tilbod om målretta stønad til kommunar som har fleire skolar med vedvarande høge mobbetal. Kommunane og skolane vil få skreddarsydd rettleiing med utgangspunkt i utfordringane på den einskilde skolen.

Manifest mot mobbing blir ført vidare i 2014, og departementet vil saman med manifestpartnarane stimulere til auka kvalitet på innhaldet i dei lokale manifesta. Frå hausten 2013 skal skolar med høg grad av mobbing over tid få tilbod om rettleiing og skreddarsydde opplegg. To lovendringar gjeld frå 1. august 2013. Dei er delt provbyrde i saker om psykososialt skolemiljø og utvida foreldingsfrist i straffesaker som handlar om psykososialt skolemiljø. Desse lovendringane skjerper ansvaret til kommunane i saker om psykososialt skolemiljø og styrkjer vernet for elevane.

Regjeringa har vidare sett ned eit offentleg utval som skal vurdere dei samla verkemidla for å skape eit godt psykososialt skolemiljø, og motverke og handtere mobbing og andre uønskte og krenkjande hendingar i skolen. Utgreiinga skal vurdere kva verkemiddel, inkludert regelverket og forvaltninga av dette, som er effektive for å førebyggje og handtere mobbing. Utvalet skal levere innstillinga si innan 1. juni 2015.

Boks 4.1 Kunst og kultur i skolen

Regjeringa vil arbeide for å styrkje kulturskoletilbodet over heile landet. Dei viktigste tiltaka er følgjande:

  • statleg støtte til kommunane si satsing på sosial utjamning og fagleg styrking i kulturskolen

  • det vil bli lagt til rette for auka samarbeid og styrkt innsats i og mellom barnehage, skole og kunst- og kulturfaglege miljø

  • styrkje og utvikle talentprogram

  • gjere kulturskoletimen til ei lovpålagd oppgåve

  • leggje til rette for kvalitet og likeverdig innhald i kulturskolen

  • styrkje innhald og organisering av den kulturelle skolesekken

Regjeringa vil komme tilbake til konkrete forslag til korleis måla i Kulturløftet 3 kan realiserast. I tillegg har Kunnskapsdepartementet i samarbeid med Kulturdepartementet sett ned ei ekspertgruppe som i løpet av våren 2014 skal komme med forslag til betre koordinering og samla innsats frå kunst- og kulturfaglege miljø som har aktivitetar retta inn mot skolane. Tiltaket vart varsla i Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

270 496

264 874

258 822

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

3 458

3 988

153 231

70

Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

48 628

51 890

53 706

Sum kap. 0220

322 582

320 752

465 759

Kap. 220 omfattar faste driftsoppgåver i Utdanningsdirektoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel, til dømes mellombelse oppgåver knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i barnehagen og grunnopplæringa, jf. kap. 226 (grunnopplæring) og kap. 231 (barnehage). Omtale av verksemda til direktoratet er derfor dels plassert under andre kapittel i denne proposisjonen. Frå 2014 foreslår departementet å flytte finansieringa av ein del oppgåver til kap. 220 post 21 frå kap. 226 post 21. Formålet med flyttinga er å gjere samanhengen mellom utviklingsoppgåver og drifts- og forvaltningsoppgåver i direktoratet tydelegare.

Oppgåvene i direktoratet er knytte til barnehage- og grunnopplæringsområda. Barnehagar og skolar er pedagogiske institusjonar med ulik historie og ulikt samfunnsmandat. Departementet legg til grunn at direktoratet i arbeidet sitt tek vare på eigenarten i barnehagesektoren.

Utdanningsdirektoratet er underlagt Kunnskapsdepartementet og skal medverke til at vedteken politikk for barnehagane og grunnopplæringa blir sett i verk. Gjennom fagleg arbeid, nasjonale utviklingstiltak, juridiske og økonomiske verkemiddel, rettleiing, informasjon og dialog medverkar direktoratet til å sikre at den nasjonale utdanningspolitikken blir sett i verk, gjennomført og utvikla vidare. Dette for at barn, unge og vaksne i heile landet skal få eit likeverdig og tilpassa tilbod i eit inkluderande fellesskap.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld drift av Utdanningsdirektoratet. Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld

  • embetsstyringa av fylkesmannsembeta på barnehage- og grunnopplæringsområda

  • tilsynsarbeid som følgjer av barnehagelova, opplæringslova, privatskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar, og folkehøgskolelova

  • tolking av barnehagelova, opplæringslova, privatskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4. Diverse skolar, og folkehøgskolelova med forskrifter på nasjonalt nivå, og å gi god rettleiing om regelverket for barnehagar og grunnopplæringa

  • etatsstyring av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • tilskott til minoritetsspråklege barn i førskolealderen, eksamensavvikling, privatskolar, folkehøgskolar og andre formål, jf. kap. 225, 227, 228, 229, 231 og 253

  • det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230

Mål for 2014

Mål som er omtalte i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til Utdanningsdirektoratet.

Direktoratet skal sjå til at det føreligg eit godt kunnskapsgrunnlag og system for å vurdere, følgje med på og styrkje kvaliteten i barnehagane og i grunnopplæringa. Direktoratet skal bidra til at kunnskapsgrunnlaget blir teke i bruk på alle nivå for å utvikle kvaliteten i barnehagane og i grunnopplæringa.

Vidare skal direktoratet arbeide for at regelverket er oppfatta og blir følgt i barnehage- og grunnopplæringssektorane. Direktoratet skal rette innsatsen mot å auke forståinga av regelverket hos barnehageeigarar, lokale barnehagemyndigheiter og skoleeigarar. Tilsynet skal òg medverke til at etterlevinga av regelverket blir betre. Det felles nasjonale tilsynet er utvida til å vare i fire år frå 2014 og gjeld alle skoleeigarar.

Direktoratet skal, i samarbeid med universitet og høgskolar, utvikle og forvalte tiltak som aukar kompetansen for tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar og i grunnopplæringa. Direktoratet skal òg medverke til å styrkje kompetansen hos kommunen som barnehagemyndigheit og hos kommunen og fylkeskommunen som skoleeigar for å skape eit godt barnehagetilbod, eit godt læringsmiljø og gode læringsresultat.

Direktoratet skal vidare medverke til at barn, unge og vaksne med særskilde behov skal få eit tilrettelagd tilbod til rett tid. Dette skjer mellom anna gjennom tenestetilbod frå Statped og tilsynet og rettleiinga til fylkesmannsembeta.

Rapport for 2012

For oppgåver direktoratet har ansvaret for i samband med kvalitetsutvikling og -vurdering i barnehagane og i grunnopplæringa, viser departementet til omtale under kap. 226 post 21 og kap. 231 post 21. Under kap. 226 post 21 blir mellom anna arbeidet med kompetanseutvikling, statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling, forvaltning og utvikling av læreplanar og nasjonalt kvalitetsutviklingssystem i grunnopplæringa omtalt. Under kap. 231 post 21 blir mellom anna tilsyn, kunnskapsinnhenting og utvikling av eit nasjonalt system for å følgje med på og betre kvaliteten i barnehagesektoren omtalte.

Frå 2012 fekk direktoratet delegert oppgåver på barnehageområdet frå Kunnskapsdepartementet. Dette har medverka til at arbeidet med kvalitetsutvikling i barnehagesektoren er styrkt, og at samanhengane mellom barnehagar og grunnopplæring er forsterka. Direktoratet vart styrkt for å kunne løyse barnehageoppgåvene. I det første året har direktoratet arbeidd med å få på plass gode rutinar og kompetanse. Sjå meir omtale av dette under både kap. 226 post 21 og kap. 231 post 21.

Fleire rapportar frå evalueringa av Kunnskapsløftet viser at det varierer kor godt integrert arbeidet med dei grunnleggjande dugleikane er i skolen. Direktoratet reviderte læreplanane i engelsk, naturfag, matematikk, norsk og samfunnsfag i 2012; desse er fastsette i 2013. Formålet var mellom anna at læreplanane å gjere tydelegare, og med det at dei legg enda betre til rette for systematisk arbeid med utviklinga av grunnleggjande dugleikar hos elevane, lærlingane og dei vaksne deltakarane.

For å få ein meir heilskapleg og systematisk kunnskap om tilstanden på læreplanfeltet har direktoratet etablert eit informasjonssystem som skal gi opplysningar og meir systematisk innsikt i korleis læreplanane fungerer i sektoren. Dette skal styrkje heilskapstenkinga og samordninga på læreplanfeltet i direktoratet. 2012 var det første ordinære driftsåret for informasjonssystemet. Den første rapporten frå systemet tilrår mellom anna at direktoratet gjer det klart for sektoren kva lokalt arbeid med læreplanar og kva grunnleggjande dugleikar er.

Høyringa om innføring av den siste pulja med valfaga som direktoratet gjennomførte våren 2012, viste at innføringa av valfaga som starta hausten 2012, hovudsakleg blir sett på som positiv og kan føre til meir motivasjon og lærelyst for elevar på ungdomstrinnet. Nokre høyringsinstansar var kritiske til innføringstakt og økonomi. Fysisk aktivitet og helse og design og redesign er dei to valfaga flest skolar har valt å tilby i skoleåret 2012–13.

I fag- og yrkesopplæringa kan det vere ei utfordring å finne løysingar som samtidig tilfredsstiller behova for fleksibilitet og raske avgjerder i arbeidslivet, og behova for føreseielegheit i utdanningssektoren. For å få til dette er det oppretta eit samarbeid mellom utdanningsmyndigheitene og partane i arbeidslivet. I 2012 vart det nemnt opp nye medlemmer av Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY) og faglege råd. Direktoratet er sekretariat for SRY og dei faglege råda. I dei nye mandata for oppnemningsperioden 2012–16 er det slått fast at SRY skal prioritere overordna og framtidsretta diskusjonar og leggje mindre vekt på enkeltsaker knytte til enkelte utdanningsprogram eller fag. Mellom anna skal SRY vurdere korleis læreplanane og tilbodsstrukturen tek omsyn til behova for kompetanse hos den enkelte, verksemdene og samfunnet.

Direktoratet har ansvar for styringa av Statped. Stortinget vedtok i 2011 at Statped skulle omorganiserast, jf. Innst. 405 S (2010–2011). Første fase av omorganiseringa er avslutta. Frå 2013 er Statped éi verksemd med ei sentral leiing og fire fleirfaglege regionsenter. Nye Statped er ein landsdekkjande organisasjon med over 800 tilsette. Statped er nærmare omtalt under kap. 230.

Utdanningsdirektoratet henta i 2012 inn vurderingar frå alle fylkesmannsembeta og gjekk igjennom tilsynsrapportar og tilsynsresultat for å få oversikt over utfordringane ved Fylkesmannens tilsyn på barnehageområdet. Det vart avgjort å innføre felles metode for tilsyna til Fylkesmannen etter barnehagelova og opplæringslova. Dette utviklingsarbeidet blir fullført hausten 2013. I 2012 vart det ført tilsyn med i alt 111 kommunar på barnehageområdet. Embeta la særleg vekt på å føre tilsyn med korleis kommunane godkjenner og fører tilsyn med barnehagar og korleis kommunane handterer regelverket om pedagogisk bemanning. Sjå programkategori 07.30 Barnehagar for meir omtale om tilsyn på barnehageområdet.

Temaet for det felles nasjonale tilsynet i grunnopplæringa i 2012 var det arbeidet skolane gjer med det psykososiale miljøet til elevane, som var ei vidareføring av tema frå 2010 og 2011. Det felles nasjonale tilsynet har i 2012 inkludert 73 nye kommunar og til saman 133 nye skolar. På landsbasis vart det totalt ført tilsyn med om lag halvparten av dei kommunale skoleeigarane i perioden 2010–12. I 2012 har Utdanningsdirektoratet i samarbeid med fylkesmannsembeta førebudd det neste felles nasjonale tilsynet, der ein tek sikte på å auke læringseffekten av tilsynet gjennom å kombinere tilsyn og rettleiing. Gjennom tilsynsperioden har det vore ei positiv utvikling. Færre kommunar fekk i 2012 pålegg om retting enn i 2011. Sjå kap. 226 post 21 for meir omtale av resultata av dette tilsynet.

Utdanningsdirektoratet fører tilsyn med private skolar. I 2012 vart det gjennomført tilsyn med om lag 40 pst. av skolane, 116 tilsyn, der ulike lovkrav vart kontrollerte. Kva krav i lova eller forskriftene som vart kontrollerte, og kva for skolar som det skulle førast tilsyn med, vart valte på bakgrunn av vurderingar av sannsynlege lovbrot og kva for konsekvensar dette kunne ha. I svært mange av tilsyna vart det avdekt brot på regelverket. Berre 33 av sakene vart avslutta utan reaksjonar. 22 av desse var mindre tilsyn der berre utvalde krav til årsrekneskapane vart undersøkte. Lovbrota som vart avdekte i 2012, spenner frå manglar ved skoleanlegga, inntaksreglement, forvaltningspraksis ved skolane, arbeidet skolane gjer med lokale læreplanar og med å sikre elevane eit godt psykososialt skolemiljø. Den vanlegaste reaksjonsforma var i 2012 pålegg om retting, men Utdanningsdirektoratet fatta også vedtak om tilbakebetaling av statstilskott og eit vedtak om tilbaketrekking av godkjenning frå ein skole.

Utdanningsdirektoratet kontrollerte òg årsrekneskapane til alle dei private skolane i Noreg og til norske skolar i utlandet. Kontrollen viste at fleire av skolane hadde uorden i rekneskapane sine. Av tilsyna som vart starta i 2012, skjedde 46 av dei på grunn av tilhøve som vart avdekte i kontrollen med årsrekneskapane. I desse tilsyna var tema utvalde krav til rekneskapsføring og bruk av statstilskott. Typiske lovbrot som vart avdekte i kontrollen, var for høge skolepengar, for høge overføringar frå eitt år til det neste og manglar ved investeringsfonda til skolane. Utdanningsdirektoratet fatta våren 2013 vedtak om å krevje tilbake til saman om lag 1,9 mill. kroner som var brukte i strid med regelverket.

Metoden for privatskoletilsyn byggjer på metoden som Fylkesmannen bruker for tilsyn med offentlege skoleeigarar. I tilsyn med private skolar må Utdanningsdirektoratet likevel òg ta omsyn til at private skolar er annleis organiserte enn dei offentlege, og at det er særleg risiko knytt til dette. Ein vesentleg del av tilsynet med private skolar gjeld forvaltninga av statstilskottet og skolepengane dei krev inn. Desse midlane skal fullt ut komme elevane til gode. Utdanningsdirektoratet har erfart at tilsyn med økonomien og tilskottsforvaltninga til dei private skolane kan vere svært utfordrande, og krev mykje ressursar og høg kompetanse.

Med bakgrunn i at Utdanningsdirektoratet forvaltar ei rekkje ulike tilskottsordningar, blir det lagt vekt på ei effektiv og god forvaltning av desse ordningane. Frå 2009 er det arbeidd med eit utviklingsprogram for å leggje om ordningane til ei løysing for elektronisk tilskottsforvaltning. Formålet med den elektroniske tilskottsforvaltninga er mellom anna å redusere risikoen for feil i utrekningar og utbetalingar, og å leggje til rette for betre vurderingar av resultat og effekt i tilskottsforvaltninga. I 2011 sette direktoratet systemet i produksjon, og i 2012 starta planlegginga med å utvide systemet til også å gjelde rapporteringa frå fylkesmannsembeta. Planen er at dette skal takast i bruk frå og med rapporteringa for andre tertial 2013.

Talet på fråsegner om rettferdsvederlag i 2012 var monaleg høgre enn det totale talet på nye søknader. Den totale restansen var ved årsskiftet 221 saker. Tilsvarande tal for 2011 var 334 saker. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid gjekk ikkje over tolv månader.

Hausten 2013 legg Utdanningsdirektoratet saman med Politidirektoratet fram ei rettleiing for førebygging og handtering av alvorlege hendingar i barnehagar og utdanningsinstitusjonar. Rettleiinga er utarbeidd som del av eit arbeid som starta i 2009 for å auke kunnskapen hos skoleeigarar og skoleleiarar om førebygging av alvorlege skolehendingar. Målgruppa for rettleiinga er leiarar i offentlege og private barnehagar, skolar, fagskolar, høgare utdanningsinstitusjonar, kommunar, fylkeskommunar og politiet.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 581 i samband med handsaminga av Innst. 365 S (2012-2013), jf. Dokument 8:64 S (2012-2013):

«Stortinget ber regjeringen bidra til et godt samarbeid mellom helseinstitusjon og institusjonsfylke, og utarbeide en veileder som avklarer ansvarsforholdet når en elev blir innlagt på helseinstitusjon.»

Kunnskapsdepartementet vil gi Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utarbeide ein slik veileder.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 10 mill. kroner. Det blir foreslått ei løyving på 258,8 mill. kroner på posten i 2014.

Departementet foreslår at løyvinga over posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3220 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Mål for 2014

Løyvinga på post 21 er knytt til kostnader Utdanningsdirektoratet har til større utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd. Målet med tiltaka som blir finansierte over posten, er mellom anna god prøveutvikling og -gjennomføring, eit godt kunnskapsgrunnlag om tilstanden i sektoren og å leggje til rette for god bruk av læreplanane.

Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon. Dette gjeld læremiddel for smale fag og/eller små elevgrupper, inkludert nynorske parallellutgåver, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar. Utviklinga av læremiddel skal skje i samsvar med prinsippa om tilpassa opplæring og universell utforming, og ta vare på det fleirkulturelle perspektivet. Løyvingane på postane 21 og 70 må sjåast i samanheng.

Rapport for 2012

Utdanningsdirektoratet har i 2012 gitt tilskott til utvikling og produksjon av læremiddel til smale fag/små elevgrupper, og det vart ferdigstilt 19 læremiddelprosjekt på området. Direktoratet gav òg tilskott til særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel til minoritetsspråklege elevar. For Vg1, Vg2 og Vg3 innanfor yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram er det gitt tilskott til både basisutgivingar, parallellutgåver på nynorsk og fellesspråklege utgivingar. Digitale læremiddel vart prioriterte framfor trykte læremiddel.

Det er gitt tilskott til læremiddel for barnehagebarn, elevar og lærlingar med behov for særskild tilrettelegging. I 2012 vart det prioritert tilskott til læremiddel retta mot alternativ, supplerande kommunikasjon, (ASK). Tilskottet har ført til auka merksemd ASK blant læremiddelutviklarar.

Det er vidare gitt tilskott til læremiddel for språkstimulering av minoritetsspråklege barn i barnehage samt læremiddel i morsmål og for tospråkleg fagopplæring for minoritetsspråklege elevar i heile grunnopplæringa. Det nordiske ordbokprosjektet LEXIN er ført vidare. Brukarundersøkinga av prosjektet viser at LEXIN blir nytta av mange, og at brukarane er tilfredse med LEXIN som eit læringsverktøy.

Budsjettforslag for 2014

Frå 2014 vil post 21 òg omfatte fleire drifts- og utviklingskostnader knytte til prosjekt som tidlegare har vore finansierte over kap. 226 post 21. Departementet foreslår å flytte mellom anna kostnader til utvikling av læreplandatabasen GREP, utvikling av databasen for tilbodsstruktur og fag- og timefordeling, Skoleporten, system for barnehageregistrering, statistikksystem og prøveutvikling frå kap 226 post 21. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på post 21 med om lag 83 mill. kroner.

I tillegg til flyttinga frå kap. 226 post 21 foreslår departementet at dei kostnadene Utdanningsdirektoratet har i samband med nasjonalt gitte eksamenar, i alt 66,2 mill. kroner, blir flytte frå kap. 225 post 01 til kap. 220 post 21. Løyvinga dekkjer kostnader til mellom anna utarbeiding, trykking, pakking og distribusjon av eksamensoppgåver, Kopinor-avgift, språkvask, nemndsamlingar og sensorskoleringar.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Inntekter frå oppdrag

1 241

3 715

3 845

02

Salsinntekter o.a.

4 250

1 090

1 128

Sum kap. 3220

5 491

4 805

4 973

Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar. Departementet foreslår å føre løyvingane vidare på same nivå som i 2013.

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

14 452

14 322

14 548

Sum kap. 0221

14 452

14 322

14 548

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld drift av Foreldreutvalet for barnehagar, FUB, og Foreldreutvalet for grunnopplæringa, FUG. FUB og FUG har felles sekretariat, og får eitt tildelingsbrev.

FUB er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker som gjeld samarbeidet mellom barnehage og heim. FUB vart nemnt opp ved kongeleg resolusjon i juni 2010, og skal arbeide etter det hovudmålet at samarbeid mellom barnehage og heim skal medverke til at alle barn i barnehage får eit best mogleg tilbod. Eit godt samarbeid kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar og medverke til ein god overgang frå barnehage til skole. Funksjonstida til det noverande utvalet er ut 2014.

FUG er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker som gjeld samarbeid mellom skole og heim. Det noverande FUG vart nemnt opp ved kongeleg resolusjon i desember 2011. Funksjonstida til det noverande utvalet er ut 2015.

Mål for 2014

Hovudmålet til FUB i 2014 er å stimulere til eit godt samarbeid mellom barnehage og heim og ta i vare interessene til foreldra i barnehagesamanheng. For å nå dette målet skal FUB

  • vere ein høyringsinstans og eit rådgivande organ overfor Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeidet mellom barnehage og heim

  • gi informasjon og rettleiing til foreldre, dei tilsette i barnehagane og barnehageeigarar om verdien av samarbeid mellom barnehage og heim.

Hovudmålet til FUG i 2014 er å arbeide for eit godt samarbeid mellom heim og skole og ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng. For å nå dette målet skal FUG

  • vere ein høyringsinstans og eit rådgivande organ overfor Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeidet mellom og heim og skole

  • gi informasjon, skolering og rettleiing til foreldre og dei tilsette i skolen om verdien av samarbeid mellom heim og skole

  • medverke til å få foreldre engasjerte i opplæringa

Rapport for 2012

I 2012 førte FUB vidare eit høgt aktivitetsnivå. I tillegg til fem ordinære utvalsmøte har utvalet hatt møte med ulike instansar og organisasjonar. FUB har delteke i 13 arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå, har helde foredrag i ulike fora og levert høyringssvar til departementet i ulike samanhengar. FUB har brukt ulike kanalar for å nå ut med informasjon til foreldre og barnehagar, og arrangerte mellom anna hausten 2012 ein nasjonal foreldrekonferanse med temaet Foreldrenes medvirkning, der deltakarane var foreldre, kommuneleiarar og kommunepolitikarar. FUB er part i Manifest mot mobbing og gav i 2012 ut brosjyren Mobbing i barnehagen.

FUG fekk ny leiar og nye medlemmer i 2012. FUG har i 2012 halde fem ordinære utvalsmøte, hatt møte med ulike aktørar og delteke i 29 arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå. Vidare har FUG helde foredrag i ulike fora og levert ulike høyringssvar til departementet. FUG har arrangert den årlege nasjonale foreldrekonferansen Foreldretinget 2012 for om lag 100 tillitsvalde foreldre med temaet Ein god skole for alle. FUG har brukt ulike kanalar for å nå ut med informasjon til foreldre og skolar, mellom anna om prosjektet Skap dialog, som skal bevisstgjere foreldre om kor viktige dei er for læringa til barna. FUG og KS arbeidde i 2012 vidare med pilotprosjektet som prøver ut tverrfaglege beredskapsteam mot mobbing i fire kommunar. FUG er part i Manifest mot mobbing og deltok aktivt i kampanjen Voksne skaper vennskap.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

94 851

88 090

89 474

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 156

1 378

1 411

Sum kap. 0222

96 007

89 468

90 885

Kapitlet omfattar hovudsakleg

  • drift av skole og internat ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal

  • drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2014

Målet for løyvinga til dei samiske skolane er mellom anna å halde oppe og utvikle vidare samisk identitet, språk og kultur. Opplæringa ved skolane følgjer Kunnskapsløftet – Samisk.

Rapport for 2012

Sameskolen i Midt-Noreg

Søkninga til elevplassane ved skolen har i nokre år vore svært låg, og frå og med skoleåret 2011–12 har ikkje skolen hatt faste elevar. Talet på elevar som får fjernundervisning, har derimot auka. I skoleåret 2012–13 fekk 57 elevar fjernundervisning ved skolen mot 50 elevar i 2011–12 og 29 elevar i 2010–11. Desse elevane har òg tilbod om språksamlingar ved sameskolen. I språksamlingane skal elevane få sjå, høyre og bruke det samiske språket gjennom samiske kulturaktivitetar.

Skolen fyller ein funksjon ved det auka tilbodet i fjernundervisning og språksamlingar som bidrar til å halde oppe og utvikle sørsamisk identitet, språk og kultur. Skoledrifta blir derfor halden oppe i inneverande skoleår med tilbod om fjernundervisning. Departementet har motteke forslag frå Utdanningsdirektoratet til ein overordna strategisk plan for samisk fjernundervisning, jf. omtale under kap. 226 post 21. Departementet vil i samråd med Utdanningsdirektoratet vurdere grunnlaget for vidare drift av skolen i samanheng med vurderinga av denne planen.

Samiske vidaregåande skolar

Hausten 2012 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 142 fulltidselevar, tilsvarande elevtal som førre skoleår. Skolen gir også eksternt finansierte kurs. Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde hausten 2012 83 fulltidselevar, mot 79 elevar året før. I tillegg til den ordinære undervisninga gir skolane fjernundervisning i samisk.

Begge skolane er opne for samiske elevar frå heile landet, og dei held fram med ordninga med vertsfamiliar primært for dei yngste tilreisande elevane.

Statsbygg har levert forprosjektet for ombygging/nybygg ved skolen i Karasjok og tek sikte på å levere forprosjektet for nybygg ved skolen i Kautokeino ved årsskiftet 2013–14.

Rettsvilkårsavtale og ventelønn

I samband med tidlegare nedlegging av statlege skolar og statsinternat i Finnmark er det utbetalt om lag 2 mill. kroner i 2012 til tidlegare tilsette ved desse skolane og statsinternata.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

02

Salsinntekter o.a.

7 609

4 732

4 898

Sum kap. 3222

7 609

4 732

4 898

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning.

Kap. 223 Sametinget

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

50

Tilskott til Sametinget

36 518

37 723

39 043

Sum kap. 0223

36 518

37 723

39 043

Post 50 Tilskott til Sametinget

Mål for 2014

Målet med tilskottet er å medverke til finansiering av utdanningsformål i Sametinget, inkludert utvikling og produksjon av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel, læreplanarbeid og -utvikling og tilskott til råd og rettleiing om samisk opplæring. Det er eit høgt prioritert mål for tilskottet at dei samiske elevane skal få raskare og betre tilgang til læremiddel på sitt eige språk.

Rapport for 2012

Det er stadig mangel på samiske lærarar og samiske læremiddel. Ei arbeidsgruppe, med representantar frå Sametinget, Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet, la i 2010 fram ein rapport med forslag til tiltak for meir effektiv utvikling og produksjon av samiske læremiddel. Sametinget har ansvaret for oppfølginga av rapporten. Kunnskapsdepartementet held seg orientert om oppfølginga av rapporten blant anna i jamlege samarbeidsmøte med Sametinget. Sametinget har no tettare kontakt med og oppfølging av læremiddelforlaga enn tidlegare. Sametinget gir informasjon om samiske læremiddel gjennom læremiddelportalen Ovttas.no og gjennom Sametingets læremiddelsentral.

Kunnskapsdepartementet har utarbeidd ein fireårig nasjonal rekrutteringsstrategi for samisk høgre utdanning. Strategien legg vekt på rekruttering av samiske lærarar. Planen er under iverksetting. Departementet vil evaluere resultata av nasjonal rekrutteringsstrategi for samisk høgre utdanning i 2014.

Ny fag- og timefordeling for grunnskolen vart fastsett av Kunnskapsdepartementet i juni 2013 etter konsultasjon med Sametinget og skal gjelde frå skoleåret 2013–14. I 2012 har Utdanningsdirektoratet, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, revidert læreplanar i norsk for elevar med samisk som førstespråk og parallelle likeverdige læreplanar i samfunnsfag samisk og naturfag samisk. Desse har vore ute til høyring og er fastsette i departementet sommaren 2013. Sametinget har gjennomført høyring på nye læreplanar i samisk som første- og andrespråk.

Sametinget og Kunnskapsdepartementet har til vanleg samarbeidsmøte to gonger i halvåret på administrativt nivå, i tillegg til konsultasjonar etter behov og nærmare avtale.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Kap. 224 Senter for IKT i utdanninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

52 628

52 207

58 798

21

Særskilde driftsutgifter

40 488

37 358

32 866

Sum kap. 0224

93 116

89 565

91 664

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga på post 01 er knytt til drift av Senter for IKT i utdanninga, medan løyvinga på post 21 er knytt til kostnader Senter for IKT i utdanninga har til større utviklingsprosjekt.

Mål for 2014

Senter for IKT i utdanninga skal arbeide for betre bruk av IKT for auka kvalitet, styrkt læringsutbytte og betre læringsstrategiar i opplæringa. Verkeområdet til senteret er i hovudsak barnehagen, grunnopplæringa og lærar- og barnehagelærarutdanningane. Senter for IKT i utdanninga kan derfor nytte erfaringar på tvers av sektorar, samstundes som det i arbeidet sitt kan ta i vare eigenarten i sektorane.

Senteret skal bidra til utvikling av profesjonelle driftsløysingar og infrastruktur og brukarvennlege digitale tenester i grunnopplæring. Senteret skal medverke til at barnehagane utviklar system og løysingar som tek vare på behov for informasjonstryggleik.

Senteret skal følgje opp arbeidet med ei nasjonal identitetsforvaltning for utdanningssektoren basert på Feide – Felles elektronisk identitet – og delta i arbeidet med identitetsforvaltning i offentleg sektor. Senteret skal arbeide for at Feide skal nyttast på alle personifiserte tenester i opplæringa som krev pålogging, innan skoleåret 2014–15.

Senteret skal prøve ut Den virtuelle matematikkskolen i skoleåret 2013–14. Dette er eit nivåtilpassa opplæringstilbod på ungdomstrinnet. Erfaringane frå utprøvinga skal munne ut i ein rapport til Kunnskapsdepartementet hausten 2014. Den virtuelle matematikkskolen er nærmare omtalt under kap. 226 post 21.

Rapport for 2012

Senteret har styrkt innsatsen sin på barnehageområdet. Viktige målgrupper for desse tiltaka er personale i barnehagar og barnehagelærarutdanningane, men òg foreldre. I samarbeid med Foreldreutvalet for barnehagar, Medietilsynet og fleire, utvikla senteret i 2012 mellom anna rettleiing i trygg nettbruk for barn. Senteret kartla dei digitale bruksmønstra til barn mellom null og seks år i rapporten Småbarns digitale univers. Rapporten gir eit bilete av små barns tilgang til og bruk av digitale einingar og vil danne grunnlaget for det vidare arbeidet til senteret når det gjeld kunnskapsutvikling og rettleiing til barnehagepersonale om små barns digitale erfaringar. I arbeidet sitt med formidling av kunnskap har senteret mellom anna etablert Digitalt barnehagenytt i 2012.

Senteret formidla forskings- og praksisbasert kunnskap om IKT og læring til sektorane i 2012.

Senteret har saman med Sametinget utvikla og drifta den samiske læremiddelportalen Ovttas.no.

Gjennom formidling på nettsidene til Senter for IKT i utdanninga, nettenesta utdanning.no og samisk læremiddelteneste Ovttas.no har senteret medverka til å nå måla til regjeringa om digitalt førsteval. Utdanning.no er ein nasjonal nettportal for utdanning og karriere, og har oversikt over utdanningstilbodet i Noreg, frå vidaregåande opplæring til høgre utdanning. Utdanning.no har auka talet på besøk sidan 2011, og hadde 1,5 millionar unike besøkjande i 2012. Nettstaden er utvikla vidare med nytt innhald for å hjelpe elevar med å velje rett utdanning.

Senteret utvikla nettstaden minstemme.no i 2012. Det er ei nettside for læring i samband med stemmerettsjubileet i 2013 og grunnlovsjubileet i 2014.

Senteret har ført vidare etableringa av Feide for grunnopplæringa. Ved utgangen av 2012 var 18 fylkeskommunar og 176 kommunar med i Feide, og dei utgjer 60 pst. av alle potensielle Feide-brukarar. I løpet av våren 2013 er talet på kommunar som er med i Feide, auka til 214, og alle fylkeskommunar er med. Senteret prioriterte i 2012 rettleiing av store kommunar og kommunesamarbeid som er i innføringsfasen, samstundes som det vart arrangert to store fellessamlingar for vertsorganisasjonar som alt er med i Feide. Senteret var aktivt overfor tenestetilbydarar i grunnopplæringa, og i alt 70 tenester er tilrettelagde for Feide. Døme på tenester som er tilrettelagde for Feide, er minstemme.no og Kartquiz. I 2012 vart Feide nytta til pålogging ved digital eksamen ved nokre skolar.

Senteret tilbyr Skolementor, som gir skolen moglegheit til å reflektere over tilrettelegginga si for og gjennomføringa av pedagogisk bruk av IKT. Som følgje av erfaringane frå Skolementor lanserte Senter for IKT i utdanninga ei individuell teneste for den einskilde læraren i 2012. Skolementor skal prøvast ut i eit skoleleiarutviklingsprogram i Danmark for å vurdere eit permanent samarbeid mellom Danmark og Noreg om desse tenestene og utviklinga av dei.

I 2012 tok senteret over leiinga av Standard Norge sin komité for læringsteknologi og arbeider for å gjere komiteen til eit relevant forum for nasjonale aktivitetar.

Indikatorar for digital kompetanse i opplæringa er utvikla vidare gjennom fleire prosjekt, både nasjonalt og internasjonalt. Senteret har mellom anna utvikla ei nasjonal kartleggingsprøve i digital kompetanse på 4. trinn på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Senteret deltek i EU-prosjektet Innovative Technologies for an Engaging Classroom (iTEC), leia av European Schoolnet. iTEC bidrar til å forme klasserom for framtida gjennom å planleggje og gjennomføre undervisningsopplegg med IKT som blir testa og evaluert i stor skala på europeiske ungdomsskolar. I 2012 arrangerte senteret to lærarsamlingar med om lag 50 deltakarar og gjennomførte om lag 40 forsøk i klasserom.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre den samla løyvinga til Senter for IKT i utdanninga vidare på same nivå som i 2013.

Senteret har vore i drift sidan 2010, og erfaringa tilseier at fordelinga mellom kap. 224 post 01 og post 21 bør justerast. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 224 post 01 med 5,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 224 post 21.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3224, post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3224 Senter for IKT i utdanninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Inntekter frå oppdrag o.a.

7 080

1 500

1 553

Sum kap. 3224

7 080

1 500

1 553

Post 01 gjeld inntekter frå oppdragsverksemd, i hovudsak frå EU-prosjekt og frå Universitetet i Oslo. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

171 146

157 002

21 382

21

Særskilde driftsutgifter

89 773

60

Tilskott til landslinjer

178 774

184 495

191 091

62

Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

20 909

21 578

22 290

63

Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

47 914

52 919

57 533

64

Tilskott til opplæring av unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar

126 464

125 316

143 848

66

Tilskott til leirskoleopplæring

42 383

43 982

45 433

67

Tilskott til opplæring i finsk

7 167

7 958

8 136

68

Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

230 339

238 984

246 870

69

Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

246 937

231 297

227 538

70

Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov

30 479

37 486

38 798

71

Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane

10 006

10 336

17 876

72

Tilskott til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar

4 809

5 296

5 604

73

Tilskott til studieopphald i utlandet

10 019

10 363

10 726

74

Tilskott til organisasjonar

22 421

29 669

23 214

Sum kap. 0225

1 149 767

1 156 681

1 150 112

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2014

Målet er å finansiere dei administrative kostnadene som fylkesmannsembeta har ved å administrere sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2012

Våren 2013 vart det avlagt om lag 77 000 eksamenar i grunnskolen og om lag 180 000 i vidaregåande opplæring. Totalt var det om lag 3 150 sensorar som deltok i sensorarbeidet. Totalt vart om lag 65 pst. av eksamenssvara leverte elektronisk i Prøvegjennomføringssystemet (PGS), men i mange fag er prosentdelen over 90.

Våren 2012 gjennomførte direktoratet forsøk med eksamen med tilgang til Internett i nokre utvalde fag. Evalueringa viste at forsøket i all hovudsak var vellykka. Elevane seier at dei har hatt nytte av tilgang til Internett, uavhengig av fagleg nivå. Lærarar og sensorar er meir delte i synet på om Internett er eit godt hjelpemiddel til eksamen. Forsøket vart ført vidare våren 2013. Dette skal også evaluerast.

Budsjettforslag for 2014

Løyvinga til avvikling av nasjonalt gitte eksamenar er delt mellom Utdanningsdirektoratet og fylkesmannsembeta. Utdanningsdirektoratets utgifter gjeld kostnader til klargjering av eksamen og produksjon av eksamensoppgåver. For å kunne sjå oppgåvene til direktoratet meir samla, foreslår departementet å flytte 66,2 mill. kroner frå kap. 225 post 01 til kap. 220 post 21.

Løyvinga til fylkesmannsembeta som er knytt til sensur og klagesensur, blir styrt etter kor mange elevar og privatistar som tek eksamen. Departementet foreslår å flytte denne delen av løyvinga på 89,8 mill. kroner frå kap. 225 post 01 til kap. 225 post 21.

På post 01 foreslår departementet ei løyving på 20,3 mill. kroner. Løyvinga gjeld kompensasjon til fylkesmannsembeta for administrasjon av ordninga.

Post 21 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til sensur og klagehandsaming, som er kostnader til lærarar som har teke på seg oppdrag med å vere sensorar ved sentralt gitt eksamen. Midlane blir utbetalte via Fylkesmannen.

Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-26 og i Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Mål for 2014

Målet med løyvinga er å finansiere gjennomføringa av sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, og i den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga.

Budsjettforslag for 2014

Departementet forslår å flytte utgifter knytte til sensur og klagesensur frå post 01 til ny post 21 under kap. 225. På grunn av fleire eksaminandar foreslår departementet å auke løyvinga til sensur og klagesensur med 17,7 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2013.

Post 60 Tilskott til landslinjer

Tilskottet skal gå til drift av landslinjene og innkjøp av utstyr. Det er Stortinget som fastset kva kurs som har status som landslinjer. Ordninga omfattar følgjande kurs og skolar:

  • Flyfag ved Skedsmo videregående skole, Sola videregående skole, Bodø videregående skole og Bardufoss Høgtun videregående skole.

  • Avionikerfaget ved Skedsmo videregående skole, Sola videregående skole og Bodø videregående skole.

  • Romteknologi ved Andøy videregående skole.

  • Anleggsteknikk og anleggsmaskinmekaniker ved Solør videregående skole avd. Våler, Sam Eyde videregående skole, Time videregående skole, Os videregående skole, Fauske videregående skole og Kirkenes videregående skole.

  • Yrkessjåfør ved Solør videregående skole avd. Våler, Hønefoss videregående skole, Notodden videregående skole, Sam Eyde videregående skole, Sauda videregående skole, Os videregående skole, Sogndal vidaregåande skule, Kristiansund videregående skole, Ole Vig videregående skole, Hadsel videregående skole og Alta videregående skole.

  • Folkemusikk ved Vinstra videregående skole.

  • Ur- og instrumentmaker ved Kongsberg videregående skole.

  • Idrettslinjene alpint, snowboard og langrenn ved Setesdal videregående skole avd. Hovden, hopp og kombinert ved Heimdal videregående skole, kombinert ved Steinkjer videregående skole, alpint og telemark ved Oppdal videregående skole, langrenn ved Meråker videregående skole, alpint ved Narvik videregående skole avd. Frydenlund, langrenn ved Nord-Troms videregående skole.

  • Naturbruk med fordjuping økologisk landbruk ved Sogn jord- og hagebruksskule.

  • Sportsfiske som næring og hobby ved Grong videregående skole.

  • Smedfaget ved Odda vidaregåande skule.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å gi elevar frå heile landet eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2012

Kapasiteten i skoleåret 2012–13 var på 1 450 heilårsplassar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 87 pst. hausten 2012 og om lag 83,4 pst. våren 2013.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å opprette ei ny landslinje for smedfaget i Odda. På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner i 2014.

Post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

Sameskolane i Snåsa og Målselv er kommunale. Det blir gitt tilskott til drift av skolane og tilhøyrande internat. Skolane har heile landet som opptaksområde.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å halde oppe og utvikle samisk identitet, språk og kultur. Opplæringa ved skolane følgjer Kunnskapsløftet – Samisk.

Rapport for 2012

Hausten 2012 hadde skolen i Snåsa ni elevar, ein elev mindre enn året før. I tillegg fekk fem elevar fjernundervisning, mot seks elevar året før. Skolen i Målselv hadde hausten 2012 13 elevar, same elevtal som året før. I tillegg fekk 18 elevar fjernundervisning, mot 22 elevar året før.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for samisk i grunnskolen, ei ordning med samiske studieheimlar for lærarar i grunnskolen og ei ordning for samisk i den vidaregåande opplæringa.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og private skolar som tilbyr samiskopplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova. Elevane får opplæring i samisk som førstespråk (samisk 1) eller samisk som andrespråk (samisk 2 / samisk 3). Målet med tilskottet er òg å styrkje kompetansen i samisk for lærarar i grunnskolen.

Rapport for 2012

Tabellen under viser at det i dei siste åra har vore nedgang i talet på grunnskoleelevar som vel samisk som førstespråk og samisk som andrespråk.

Tabell 4.1 Tal på grunnskoleelevar som har samisk som første- og andrespråk i perioden 2009–13

Skoleår

2009–10

2010–11

2011–12

2012–13

Samisk som førstespråk

1 010

975

940

930

Samisk som andrespråk

1 326

1 285

1 213

1 196

Totalt

2 336

2 260

2 153

2 1 26

Endring frå året før

–3,3 %

–4,7 %

–1,3 %

Tala inkluderer også elevar som går på dei samiske skolane. Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Bruk av studieheimlar har vore på om lag same nivå i dei siste åra.

Ved teljedato 2. mai 2013 var det i alt 235 elevar/lærlingar som fekk opplæring i samisk i vidaregåande opplæring ved fylkeskommunale og private vidaregåande skolar. Dette er ein reduksjon samanlikna med året før, da 304 elevar/lærlingar fekk opplæring i samisk.

Tilskottsordninga har vorte evaluert. Evalueringa viste mellom anna at det var store forskjellar mellom tilskottsmottakarane med omsyn til det talet på årstimar som tilskottsmodellen bereknar, og det talet på faktiske årstimar som er rapportert i GSI (Grunnskolens Informasjonssystem). Utdanningsdirektoratet utviklar derfor nye modellar for berekning av tilskott. På bakgrunn av innspel frå Sametinget og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet er rapporteringa i GSI endra frå hausten 2013 for å få eit betre datagrunnlag i arbeidet med dei nye modellane. Dagens modellar vil nyttast inntil vidare.

Budsjettforslag for 2014

Talet på elevar som ligg til grunn for løyvingsforslaget er redusert noko i høve til saldert budsjett for 2013. På grunn av endringar i gruppesamansetjinga er det likevel berekna at behovet for undervisningstimar vil auke. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med om lag 2,7 mill. kroner.

Post 64 Tilskott til opplæring av unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar

Opplæringslova § 2-1 gir barn og unge rett og plikt til grunnskoleopplæring. Tilskottet skal nyttast til opplæring av barn og unge i grunnskolealder og ungdom i alderen 16–18 år som ikkje har utdanning tilsvarande norsk grunnskole.

Departementet vil sende ut til høyring eit forslag om å lovfeste rett til opplæring for asylsøkjarar i alderen 16–18 år med verknad frå hausten 2014. Denne retten vil omfatte grunnskoleopplæring for dei over opplæringspliktig alder og vidaregåande opplæring. Tilskottet kan derfor frå hausten 2014 òg nyttast til vidaregåande opplæring for ungdom i alderen 16–18 år.

Under denne posten blir det frå og med hausten 2014 foreslått to tilskottsordningar:

  • ei ordning for grunnskoleopplæring av barn og unge asylsøkjarar frå 6–18 år

  • ei ordning for vidaregåande opplæring for unge asylsøkjarar

Tidlegare gjelde tilskottsordninga kun barn og unge asylsøkjarar som budde på statlege mottak eller i omsorgssenter. Med den nye retten til opplæring blir tilskottet samtidig utvida til å gjelde alle barn og unge som søkjer opphald i Noreg, inkludert dei som søkjer om familiegjenforening, og uavhengig av bustad.

Mål for 2014

Målet med tilskottet er å bidra med finansiering til kommunar slik at barn og unge som søkjer opphald i Noreg får grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd. Frå hausten 2014 vil målet bli utvida slik at tilskottet òg skal bidra til finansiering av fylkeskommunar til vidaregåande opplæring for asylsøkjarar mellom 16–18 år, jf. omtale av lovforslag ovanfor.

Rapport for 2012

Hausten 2012 fekk 1 365 barn i grunnskolealderen og 120 i aldersgruppa 16–18 år busette i mottak opplæring. 73 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter fekk opplæring. Våren 2013 fekk 1 387 barn i grunnskolealderen og 112 i aldersgruppa 16–18 år busette i mottak opplæring. 63 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter fekk opplæring.

Budsjettforslag for 2014

Departement foreslår å auke løyvinga på posten med 15,4 mill. kroner for å dekkje meirutgifter for hausten 2014 knytte til lovforslaget som er omtalt ovanfor. Departementet foreslår ei samla løyving på 143,8 mill. kroner på posten i 2014.

Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring

Etter opplæringslova § 2-3 første ledd kan ein del av undervisningstida brukast til leirskoleopplæring. Dette blir i retningslinjene for tilskott til leirskoleopplæring definert som leirskoleopplæring ved bemanna leirskole eller annan aktivitet med varigheit på minst tre overnattingar i samanheng. Tilskottet skal medverke til å dekkje lønnsutgifter til lærarane. Midlar til leirskoleopphald er innlemma i rammetilskottet og må finansierast av kommunane.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Tilskottet skal fullt ut nyttast til opplæring i samband med leirskoleopphald, eller til annan aktivitet/opplæring som fyller kravet om at opphaldet skal ha ei varigheit på minst tre overnattingar.

Målgruppa for tilskottsordninga til leirskoleopplæringa er elevar ved kommunale skolar, samt elevar ved institusjonar der fylkeskommunen har ansvaret for grunnopplæringa. Elevar kan få eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

Rapport for 2012

Tal frå Gunnskolens Informasjonssystem (GSI) viser at ti pst. av alle elevane i grunnskolen planla å reise på leirskole i skoleåret 2012–13. Dette talet har lege på om lag ti pst. sidan 2001. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. planlegg å reise på leirskole kvart år, tyder dette på at dei aller fleste elevane får eit tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Departementet har likevel motteke meldingar frå foreldre og andre om at leirskoleopphald ikkje blir priortert av kommunane. På bakgrunn av dette vil regjeringa vurdere å endre opplæringslova for å sikre alle elevar rett på eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Post 67 Tilskott til opplæring i finsk

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei for opplæring i finsk som andrespråk i grunnskolen, ei for opplæring i finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring og ei ordning for finske studieheimlar i grunnskolen.

Mål for 2014

Målet med tilskottet til grunnskolen er å bidra med finansiering til kommunar og private skolar i Troms og Finnmark som gir elevar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Det er òg eit mål å styrkje kompetansen i finsk for lærarar i grunnskolen. Det er vidare eit mål å gi finskopplæring til elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn i vidaregåande opplæring, og det blir gitt tilskott til fylkeskommunar og private skolar som gir slik opplæring.

Rapport for 2012

Tabellen under viser ein nedgang i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk i dei siste åra.

Tabell 4.2 Utviklinga i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk

Skoleår

2009–10

2010–11

2011–12

2012–13

Tal på elevar

761

754

657

600

Endring frå året før

–0,9 %

–12,9 %

–8,7 %

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Forbruk til studieheimlar på posten har vore på om lag same nivå i dei siste åra.

Ved teljedato 2. mai 2013 var det i alt 19 elevar som fekk opplæring i finsk i vidaregåande opplæring. Dette er ein reduksjon på tre elevar samanlikna med året før, da 22 elevar fekk opplæring i finsk.

Tilskottsordninga har vorte evaluert. Evalueringa viste mellom anna at det var store forskjellar mellom tilskottsmottakarane med omsyn til det talet på årstimar som tilskottsmodellen bereknar, og det talet på faktiske årstimar som er rapportert i GSI (Grunnskolens Informasjonssystem). Utdanningsdirektoratet utviklar derfor nye modellar for berekning av tilskott. På bakgrunn av innspel frå mellom anna Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet er rapporteringa i GSI endra frå hausten 2013 for å få eit betre datagrunnlag i arbeidet med dei nye modellane. Dagens modellar vil bli nytta inntil vidare.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei løyving på 8,1 mill. kroner i 2014.

Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunane slik at det blir gitt opplæring til innsette og lauslatne som har begynt på opplæring under soning, og som har rett til grunnskole- eller vidaregåande opplæring. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, også dei som har kort soningstid eller sit i varetekt, er det eit mål at det blir gitt kortare kurs. Kursa bør i størst mogleg grad ta utgangspunkt i kompetansemål frå Læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggjande dugleikar. Det er vidare eit mål å leggje til rette for god opplæring i einingane for soning for barn og unge som er etablerte som forsøk.

Rapport for 2012

Det er etablert opplæring i alle dei 51 fengsla regjeringa har sagt det skal vere opplæring i. I tillegg er det oppfølgingsklasser ti stader i landet. I 2012 var talet på opplæringsplassar 2 396 (729 på heiltid og 1 667 på deltid). Dette er ein auke samanlikna med 2011, da talet til saman var 1 942. Nær 10 200 personar tok del i ei eller anna form for opplæring i 2012. Hovudtyngda av elevane var i alderen 21–40 år, og dei fleste tek vidaregåande opplæring. Det var tilsett lærarar som til saman utgjorde ca. 275 årsverk.

Talet på inngåtte lærekontraktar, praksiskandidatar, fagprøver og lærekandidatar er om lag som tidlegare år (188). Det er ei målsetjing for dei kommande åra at samarbeidet mellom skolen og arbeidsdrifta i fengsla blir utvikla. Dette vil setje større søkjelys på dokumentert yrkesretta kompetanse, noko som kan gi fleire innsette høve til å teikne lærekontraktar. 2 580 innsette gjennomført korte, arbeidskvalifiserande kurs som gir kompetanse for arbeidslivet. Dette er om lag som året før.

Kartlegginga av den norske fangebefolkninga som vart gjennomført hausten 2012, viser mellom anna at det er ein av ti som ikkje har fullført grunnskole. I den andre enden av skalaen har om lag 13 pst. av dei innsette fag eller grad frå universitet eller høgskole som høgste fullførte utdanningsnivå. Samla sett har 52 pst. ikkje fullført vidaregåande opplæring. Positivt er at sju av ti innsette ønskjer utdanning under soning i fengsel, og dei opplever såleis tilbod om opplæring under soning som nyttig. Å endre og å meistre framtida var den klart viktigaste motivasjonen for å forklare kvifor innsette tek utdanning i fengsel.

Skolane arbeider med å leggje til rette for opplæring og rådgiving til innsette med korte dommar. Det skjer ved realkompetansevurdering, korte arbeidskvalifiserande kurs, rådgiving og planlegging av utdanning etter avslutta soning. Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, har hatt ansvaret for fleire utviklingsprosjekt mellom skole og arbeidsdrift i fengsla kring grunnleggjande dugleikar. Erfaringar frå prosjekta skal spreiast til andre skolar som driv med opplæring i kriminalomsorga. For å få ei betre oppfølging av straffedømde etter avslutta soning er prosjektet Tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (Tafu) etablert i Rogaland og Troms under leiing av Fylkesmannen i Hordaland. Dette er eit samarbeid mellom utdanningsstyresmaktene, kriminalomsorga, Nav, kommunane og frivillige organisasjonar. Med bakgrunn i evalueringsrapporten og vidare erfaringar foreslår departementet å føre vidare prosjekta i 2014. Det blir teke sikte på å gjere prosjekta i Troms og Rogaland permanente frå 2015. Departementet vil i samarbeid med relevante departement vurdere ei eventuell utviding med prosjekt i fleire fylke.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

Målet med tilskottsordninga er å kompensere kommunane for meirutgifter til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringar. Den samla investeringsramma var fastsett til 5 182,9 mill. kroner. Ordninga med kompensasjon for investeringar i skolebygg vil halde fram til 2017.

Per 31. desember 2013 er samla restgjeld på 760,8 mill. kroner, og per 31. desember 2014 vil restgjelda vere på om lag 548,5 mill. kroner. Investeringskompensasjonen er basert på den effektive renta på ni månaders statskassevekslar per 1. juli kvart år, med eit tillegg på 0,5 prosentpoeng. I 2013 var rentesatsen for ordninga 1,95 pst., og for 2014 er han fastsett til to pst.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir redusert med 3,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2013.

Post 70 Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Særskilde behov viser her til lærlingar/lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

For å stimulere lærebedrifter til å teikne fleire lærekontraktar med minoritetsspråklege, er lærlingar og lærekandidatar med svake norskdugleikar og som har budd kort tid i Noreg, også omfatta av tilskottsordninga frå og med 2013.

Intensjonen bak tilskottsordninga er å styrkje ungdommens høve til å jobbe i det ordinære arbeidslivet.

Rapport for 2012

Tabellen under viser at talet på søknader har auka vesentleg i dei siste åra.

Tabell 4.3 Søknader i perioden 2007–12 fordelte på lærlingar og lærekandidatar

År

Tal på søknader

Lærlingar

Lærekandidatar

2007

97

97

0

2008

186

129

57

2009

278

159

119

2010

357

176

181

2011

326

122

204

2012

528

194

334

Søknader om tilskott for lærekandidatar, som vart innlemma i ordninga frå hausten 2007, utgjorde i 2012 om lag 63 pst. av søknadene. Retningslinjene for tilskottsordninga vart endra frå 1. januar 2011 for å svare på den auka søknadsmengda og sikre ei likeverdig behandling av søkjarane til tilskottsordninga. Det store talet på søknader i 2012 førte til at storleiken på tilskottet vart redusert med om lag 27 pst. for kvar søknad. Departementet følgjer utviklinga nøye og vurderer kontinuerleg behovet for eventuelle tiltak.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 71 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane

Tilskottsmottakar er Norsk kulturskoleråd, og målgruppa er musikk- og kulturskolar som gjennomfører prosjekt for å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane. Kulturskolerådet fordeler midlane vidare på prosjekt

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å finansiere drifta av Norsk kulturskoleråd, og vidare skal ordninga bidra til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid lokalt. Samla skal alle tiltaka Norsk kulturskoleråd er med på å finansiere, føre til kompetanseheving for tilsette i kulturskole og grunnskole, og etablering av gode rutinar for samarbeid om kunst og kultur i opplæringa.

Rapport for 2012

Følgjande større nasjonale/regionale prosjekt har fått støtte i 2012:

I 2012 avslutta Norsk kulturskoleråd to treårige program, KOM i fokus, som har vore gjennomførte i Finnmark og Agder-fylka.

Programma KOM! Øst for Oslo, Akershus og Østfold og De unges arena for Buskerud, Telemark, Vestfold, Hedmark og Oppland fekk støtte til oppstart i 2012. Alle programma har som overordna målsetjing å styrkje kulturskolane som lokale ressurssenter i kommunane. De unges arena har eit særskilt søkjelys på lokalt samarbeid om aldersgruppa 13–18 år.

I tillegg har midlane vore brukte til Ungdommens musikkmesterskap, Musikkteknologi, Nasjonalt fagforum for dans, teater og visuelle kunstfag, leiarprogram og internasjonale samarbeidsprosjekt.

I samarbeid med Noregs musikkhøgskole er den årlege konferansen for kulturskoleleiarar og nettverkskonferansen for kulturskolerelatert forsking samt Pedagogdagane gjennomførte i 2012. Norsk kulturskoleråd har i 2012 intensivert det internasjonale arbeidet gjennom European Music School Union (EMU).

Budsjettforslag for 2014

Departementet forslår å auke løyvinga på posten med 7,1 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på post 74. Flyttinga gjeld tilskott til drift av Kulturskolerådet. Totalt foreslår departementet ei løyving på 17,9 mill. kroner på posten.

Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram

Mål for 2014

Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i alle EU-programma på området utdanning og opplæring. Midlane på denne posten skal dekkje bidraget frå Noreg til Cedefop, utgifter til nasjonal ekspert og nasjonal drift av Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP). Tilskottet medverkar til at Noreg tek del i forpliktande samarbeid på tvers av landegrensene for å oppnå internasjonalisering av norsk utdanning. Hovudformålet for samarbeidsaktivitetane er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda. Frå 2013 omfattar posten også kontingent frå Noreg til Det europeiske språkrådet i Graz.

Kontingent til Cedefop

Cedefop er EUs utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring. Aktivitetane som er underlagde Cedefop, har som mål å auke kunnskapen og kompetansen innanfor grunnleggjande yrkes- og profesjonsopplæring på alle nivå og betre kvaliteten på og tilgangen til etter- og vidareutdanning.

Nasjonal ekspert

Den nasjonale eksperten er tilsett ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), og det er EU som disponerer eksperten etter avtale. Tilskottet blir utbetalt til SIU for å dekkje utgifter til den nasjonale eksperten etter fastsett regleverk.

Det europeiske ungdomsparlamentet

Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP) er ei parlamentssamling for ungdom frå over 30 land i Europa der globale og europeiske spørsmål blir diskuterte. Noreg har delteke i dei årlege sesjonane med ti ungdommar og to vaksne sidan EUP vart oppretta i 1987. Tilskottet til EUP skal dekkje utgifter til deltaking i EUP og drift av ein nasjonal komité. Ein del av løyvinga skal dekkje utgifter til informasjon om EUP, uttak av deltakarskolar og deltaking i nasjonale og internasjonale sesjonar i EUP.

Det europeiske språkrådet i Graz

Løyvinga dekkjer Noregs kontingent til Det europeiske språkrådet i Graz.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei samla løyving på 5,6 mill. kroner.

Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet

Løyvinga på posten dekkjer følgjande ordningar:

Franske lycé

Ungdom frå Noreg er gitt høve til å ta treårig vidaregåande utdanning (lycé) og fransk baccalauréat i Rouen, Bayeux og Lyon. I tillegg er det mogleg å ta eittårig utdanning tilsvarande Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering og treårig utdanning innanfor kokk- og servitørfaget – baccalauréat professionnel cuisine. Målet er å gi ungdom frå Noreg høve til å lære landet, folket og kulturen å kjenne, samtidig som dei lærer å meistre språket og får ei utdanning.

Tyske stipend

Kvart år tilbyr tyske styresmakter fleire stipend til å delta på kurs i Tyskland. Målet er å gi elevar frå Noreg høve til å bli kjende med landet og kulturen samtidig som dei får praktisk språktrening.

United World Colleges (UWC)

United World Colleges (UWC) er ei internasjonal rørsle som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Ungdommar frå Noreg kan få plass ved ein av tolv skolar der utdanninga tilsvarer dei to siste åra på vidaregåande skole. Elevane bur på internat saman med ungdom frå alle delar av verda. Etter fullført skolegang får elevane International Baccalaureate (IB).

Trollstipend

I avtalen om økonomisk, industrielt og vitskapleg samarbeid (Trollavtalen) frå 1986 har Noreg forplikta seg til å setje av eit beløp til stipend for franske lærarar frå Noreg, elevar i grunnskolen og elevar i den vidaregåande skolen. Stipenda skal brukast til studieopphald i Frankrike.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å leggje til rette for at ungdom frå Noreg kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskap om kultur og språk i andre land og auka identitetsforståing. I tillegg skal ordninga gi fransklærarar frå Noreg høve til fagleg og kulturell oppdatering gjennom studieopphald i Frankrike.

Rapport for 2012

I 2012 gjekk til saman 57 norske elevar på dei skoletilboda som er omfatta av ordninga. Det kom inn 57 nye søknader for hausten 2012, og 22 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende totalt 22 elevar per årskull til skoleordninga i Frankrike.

I 2012 vart det gitt tyske stipend til 17 elevar fordelte på fem heilstipend og tolv delstipend. Det var ein norsk følgjelærar med delstipendiatane.

Hausten 2012 gjekk 80 elevar på United World Colleges (UWC) fordelte på to årskull. Det kom inn 115 nye søknader for hausten 2012, og 40 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 40 elevar per årskull til skolane – 30 elevar til utlandet og ti til skolen i Noreg.

I 2012 vart 24 søknader om gruppereise til Frankrike godkjende. Desse stipenda førte til at 461 elevar frå grunnskolen og den vidaregåande skolen fekk reise saman med 57 lærarar på studieopphald og skoleutveksling i Frankrike med støtte frå Trollstipend. Individuelle Trollstipend vart gitte til seks lærarar.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 74 Tilskott til organisasjonar

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å stimulere offentlege, private og frivillige organisasjonar til å setje i verk tiltak som på ulike måtar kan bidra til å nå sektormåla for grunnopplæringa, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Tilskottsmottakarar er offentlege, private og frivillige organisasjonar. Verksemda til organisasjonen må ha ein nasjonal verdi, og aktivitetar/tiltak må nå flest mogleg elevar og skolar. Målgruppa er elevar og lærarar i grunnskole og vidaregåande opplæring i Noreg. Tilskottet skal gå til drift av organisasjonane. Hovuddelen av midlane for 2014 vil bli lyst ut i tråd med retningslinjene for ordninga.

Posten dekkjer òg støtte til enkelte kulturorganisasjonar.

Rapport for 2012

I 2012 er det gitt tilskott til Norsk kulturskoleråd, Det norske hageselskap, Landslaget for nærmiljøskolen, Noregs Mållag, Rådet for folkemusikk og folkedans, Kristent Pedagogisk Forum, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Norsk handverksutvikling, International Baccalaureate Organization, Elevorganisasjonen, Landslaget for Norskundervisning, Landslaget Fysisk Fostring i Skolen, Friluftsrådenes Landsforbund, Magasinett og Pirion, Foreningen Norden, Fellesrådet for kunstfagene i skolen (med medlemsorganisasjonar), Samarbeidsforum for estetiske fag (med medlemsorganisasjonar), Seanse, Redd Barna og Landslaget for mat og helse i skolen.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å flytte tilskottet til Seanse på 0,5 mill. kroner til kap. 260 post 50 og å flytte tilskottet til drift av Kulturskolerådet på 7,1 mill. kroner til post kap. 225 post 71. Departementet foreslår vidare å styrkje løyvinga på posten med 0,2 mill. kroner til magasinet Blikk mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21. Departementet foreslår å øyremerkje 6,9 mill. kroner av løyvinga på posten til Fellesrådet for kunstfag i skolen (FKS) og Samarbeidsforum for estetiske fag (SEF) med tilhøyrande medlemsorganisasjonar. I tillegg foreslår departementet å øyremerkje 1 mill. kroner til Newtonrom, 1,2 mill. kroner til Foreningen Norden, 0,95 mill. kroner til Rosa kompetanse, 0,85 mill. kroner til Sex og politikk, 0,9 mill. kroner til MOT og 0,5 mill. kroner til Skeiv ungdom. Resterande del av midlane vil bli lyste ut. Totalt foreslår departementet ei løyving på 23,2 mill. kroner på posten.

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

44 846

42 858

51 929

Sum kap. 3225

44 846

42 858

51 929

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Kunnskapsdepartementet foreslår ei tilsvarande løyving over kap. 3225 post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er berekna til 51,9 mill. kroner i 2014.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

1 098 786

1 154 640

1 077 129

50

Nasjonale senter i grunnopplæringa

57 344

62 236

84 559

60

Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

36 050

37 204

38 432

62

Tilskott for auka lærartettleik

157 000

372 168

70

Tilskott til NAROM

7 409

7 668

71

Tilskott til vitensenter

25 705

35 353

41 090

72

Tilskott til utviklingsprosjekt i grunnopplæringa

2 000

2 070

Sum kap. 0226

1 217 885

1 455 842

1 623 116

For å bidra til høg kvalitet på grunnopplæringa i heile landet har regjeringa i arbeidet for å nå sektormåla lagt stor vekt på å støtte og rettleie skolar og skoleeigarar gjennom kompetanse- og utviklingstiltak. Skoleeigarane har hovudansvaret for kvalitetsutvikling av opplæringa ved sine eigne skolar og i lærebedriftene. Kap. 226 omfattar løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Løyvinga på post 21 finansierer statlege eller lokale prosjekt, medan løyvingane på postane 50, 60, 62, 70, 71 og 72 finansierer tilskott til underliggjande statlege einingar, kommunesektoren eller andre mottakarar. Ansvaret for forvaltninga av midlane på kapitlet og gjennomføringa av tiltaka er i stor grad delegert til Utdanningsdirektoratet. Dei faste driftsoppgåvene til direktoratet blir finansierte over kap. 220.

Det er godt dokumentert at lærarar og skoleleiarar treng kontinuerleg utvikling av kompetansen sin. Ein stor del av løyvinga på kapitlet går til kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar.

Eit anna sentralt verkemiddel er å forbetre den lokale kapasiteten til kvalitetsutvikling gjennom statlege støttetiltak. Løyvinga finansierer derfor statlege skoleutviklingsaktørar som nasjonale senter og vitensenter, statlege kvalitetsutviklingsprogram, lokale forsøk og prosjekt og stimuleringstilskott. Tiltak for at fleire skal gjennomføre vidaregåande skole blir òg finansierte over dette kapitlet.

Vidare finansierer løyvinga aktivitetar knytte til forvalting og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa.

Løyvinga finansierer kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa, som består av følgjande element: internasjonale undersøkingar, eit samanhengande nasjonalt prøve- og vurderingssystem, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk og forsking og evaluering.

Løyvinga finansierer GNIST, partnarskapet og kampanjen for auka rekruttering til og status for læraryrket.

Delar av løyvinga dekkjer utgifter til lønn og administrasjon i departementet og hos andre statlege aktørar som er knytte til drift av dei ulike utviklingsprosjekta og tiltaka.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Mål for 2014

Tilstandsvurderinga viser at grunnopplæringa har mange sterke sider. For å oppnå ytterlegare betring er det behov for å føre vidare tiltak som er sette i gang, og ta nye grep for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa. Målet med midlane på posten er å medverke til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa slik at sektormåla blir nådde, jf. omtale i kategoriinnleiinga.

For å nå desse vil departementet i 2014 prioritere kompetanseutvikling for tilsette i sektoren, statleg støtte og stimulering av lokal kvalitetsutvikling og vidareutviklinga av kvalitetsvurderingssystemet. Desse tiltaka er òg omtalte i strategiar og tiltak for grunnopplæringa under kategoriinnleiinga.

Omtalen av rapport, mål og budsjettforslag under kap. 226 post 21 må sjåast i samanheng med omtalen av rapport, mål og budsjettforslag under kap. 220 postane 01 og 21. Drift av Utdanningsdirektoratet og generelle oppgåver direktoratet har fått delegert til seg, sikrar og støttar tiltak som gjeld kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Rapport for 2012

Kompetanseutvikling i grunnopplæringa

Skoleeigarane har ansvaret for å sikre nødvendig kompetanseutvikling for sine tilsette i grunnopplæringa, jf. § 10-8 i opplæringslova. Den statlege støtta til kompetanseutvikling i sektoren kjem i tillegg, til dømes ved endringar i kompetansekrav, implementering av reformer og oppfølging av avdekte nasjonale behov. I samband med omlegginga av allmennlærarutdanninga, og krav til sterkare fagleg fordjuping i grunnskolelærarutdanninga, er det vedteke nye krav i opplæringslova og forskrift til lova om kompetanse for å undervise. Denne utviklinga må følgjast av statleg støtte til kompetanseutvikling i skolesektoren. Staten har etablert eit system for kompetanseutvikling med tre hovudelement: eit varig system for vidareutdanning for lærarar, etterutdanning på nasjonalt prioriterte område og rektorutdanning. Satsinga på kompetanseutvikling har som mål å styrkje den faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetansen hos tilsette i grunnskolen og vidaregåande opplæring.

Vidareutdanning

I strategidokumentet Kompetanse for kvalitet. Strategi for etter- og videreutdanning 2012–2015 vart partane einige om nasjonalt prioriterte fag og område. Gjennom strategien er det etablert eit system for vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar. Strategien dekkjer fag og område med særleg nasjonale behov for vidareutdanning. Dei prioriterte faga i strategien er norsk/samisk, matematikk, engelsk, leseopplæring, yrkesfaglege programfag, andrespråkspedagogikk, rådgiving, mat og helse, kroppsøving, musikk, kunst og handverk. Vidareutdanninga gir studiepoeng og blir tilboden av høgskolar og universitet. Strategien inneber at lærarane får frigjort tid til å studere, ved at det blir gitt tilskott til skoleeigarar til å dekkje vikarutgifter. I finansieringsmodellen dekkjer staten halvparten av vikarkostnadene, medan skoleeigaren dekkjer ein firedel. Læraren dekkjer ein firedel gjennom arbeid i studietida. Første studieåret i strategien var 2009–10 med 1 328 deltakarar. I studieåret 2011–12 deltok 1 500 lærarar. Om lag 1 730 lærarar tok vidareutdanning i studieåret 2012–13. Frå 2009–10 til 2012–13 har samla deltaking av lærarar i vidareutdanning auka med nesten 30 pst.

Deltakarevalueringa for studieåret 2011–12 syner at lærarane er svært tilfredse med undervisninga, og godt over halvparten av lærarane omtalte vidareutdanninga som «i stor grad» forskingsbasert, praktisk, relevant og godt tilrettelagd. 360 kommunar, alle fylkeskommunane og 82 private skolar har rapportert at dei har delteke i etter- og vidareutdanning med statleg støtte i 2012.

I samband med Ny GIV-prosjektet vart det hausten 2012 sett i gang to vidareutdanningstilbod på kvar 30 studiepoeng for tilsette i oppfølgingstenesta og Nav, med til saman 55 deltakarar.

Etterutdanning

Etterutdanning er ulike former for kompetanseutvikling som ikkje gir studiepoeng til deltakarane. Gjennom fylkesmennene vart det i 2012 tildelt 47,5 mill. kroner til etterutdanning av lærarar, rådgivarar og sentrale aktørar innanfor fag- og yrkesopplæringa på prioriterte område. I 2012 fordelte fylkesmennene midlar til etterutdanning etter søknader frå skoleeigarar i leseopplæring, rekneopplæring, vurdering for læring, spesialpedagogikk, andrespråksdidaktikk, klasseleiing og fag- og yrkesopplæringa. Skoleeigarane rapporterer òg om ein sterk eigeninnsats når det gjeld midlar til etterutdanning. Dei har rapportert om totalt 149 000 deltakarar på etterutdanning i 2012. Mange lærarar var med på fleire tiltak. Om lag 18 900 deltok i leseopplæring, 9 700 i rekneopplæring og 29 700 i vurdering. Fylkeskommunane rapporterer i tillegg at over 9 800 instruktørar og faglege leiarar i verksemdene har delteke i etterutdanning.

I skoleåret 2012–13 har skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, rekning, lesing og skriving på ungdomstrinnet blitt pilotert på utvalde skolar og universitet og høgskolar. På nasjonalt nivå er det utvikla rammeverk og støttemateriell for den skolebaserte kompetanseutviklinga. Etterutdanningstilbodet byggjer vidare på erfaringane frå Ny GIV. Evalueringa av piloten vart gjennomført av NTNU og viste store variasjonar både mellom skolane og universitets- og høgskoleinstitusjonane. For å lukkast med implementeringa av etterutdanningstilbodet i full skala er det sentralt at skolane i større grad utviklar lærande profesjonelle fellesskap og at gjennomføringa av kompetanseutviklinga blir godt koordinert mellom dei ulike universitets- og høgskoleinstitusjonane.

Det er i perioden 2010–12 gitt støtte til etterutdanning og hospitering i seks fylke for lærarar på yrkesfaglege utdanningsprogram samt for faglege leiarar og instruktørar i lærebedriftene. Formålet er å medverke til ei meir praktisk og relevant opplæring for elevane og lærlingane og såleis motverke fråfallet i vidaregåande opplæring. Sluttrapporten frå Fafo viser at nesten alle dei 160 hospitantane er svært tilfredse med hospiteringa. Det er også tydelege funn på at samarbeidet mellom skole og bedrift har vorte betre, og at det er lettare å få utplassert elevar i prosjekt til fordjuping (PTF).

I 2012 vart det òg tildelt midlar til lærarutdanningsinstitusjonane til tiltak knytte til rettleiing av nyutdanna lærarar. Midlane vart nytta i samanheng med midlar frå kap. 231 til rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar.

Rektorutdanning

I 2012 vart rektorutdanninga tilbode av seks universitet og høgskolar fordelte på ti studiestader. 400 personar starta opp hausten 2012. Skoleeigarar har vist aukande interesse for å velje ut kandidatar, samt studiestad dei ønskjer at kandidatane deira skal studere ved. Det har vore ein sterk vekst i søkninga til det nasjonale rektorprogrammet sidan oppstarten hausten 2009. I 2012 var det 788 søkjarar til dei 400 ledige studieplassane. Rektorprogrammet blir følgjeevaluert av NIFU og NTNU, og hausten 2012 kom den andre evalueringsrapporten. Han viste at deltakarane var svært nøgde med relevansen av og kvaliteten på utdanninga, og at nettverket som rektorutdanninga har etablert, blir opplevt som særskilt verdifullt. Departementet vil vurdere vidare drift av utdanninga når sluttevalueringa ligg føre i 2014.

Statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling

Løyvinga finansierer statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling i skolen. Dette gjeld ulike statlege kvalitetsutviklingsprogram og stimuleringstilskott.

Rettleiarkorpset i regi av Utdanningsdirektoratet er eit tilbod til skoleeigarar og skolar som treng rettleiing for å betre læreprosessane i skolen, og tilbodet er ført vidare. I 2012 gav rettleiarkorpset tilbod om rettleiing i åtte fylke. Det vart inngått avtalar med 26 skoleeigarar med til saman 76 skolar.

Erfaringane frå rettleiinga i prosjektet syner at det engasjementet skoleeigarane viser i utviklingsarbeidet ved skolane, og den vekta dei legg på systematisk arbeid, er svært viktig. Tilbod om rettleiarkorps vart lyst ut i fem nye fylke hausten 2012. Det betyr at tilbodet er gått ut i heile landet i dei tre siste åra. Evalueringa av rettleiarkorpsa blir avslutta i 2013 og blir gjennomført av Rambøll Management i samarbeid med Institutt for Lærerutdanning og Skoleforskning ved Universitetet i Oslo.

Bedre læringsmiljø (2009–2014) er etablert som den nasjonale strategien på læringsmiljøfeltet. Bedre læringsmiljø er konsentrert om støtte til program mot mobbing, arbeidet med nettressursar, utvikling og formidling av forskingsbasert kunnskap, oppfølging av resultat frå felles nasjonalt tilsyn og støtte til lokale prosjekt hos 50 skoleeigarar. Rapportering viser at Bedre læringsmiljø blir brukt som kjelde til kunnskap og som praktisk hjelpemiddel. Hausten 2012 kjende 77 pst. av skoleleiarane og 88 pst. av skoleeigarane til satsinga. Evalueringa av Bedre læringsmiljø gir ei positiv vurdering: Skoleeigarane i undersøkinga arbeider med rutinar for systematisk tilsyn, støtte og oppfølging av skolane. Betre læringsmiljø og felles nasjonalt tilsyn med det psykososiale miljøet til elevane har medverka til å setje læringsmiljøet til elevane på dagsordenen. Satsinga kan også sjå ut til å medverke til at mange skoleeigarar inkluderer arbeidet med læringsmiljø i eigne strategiar og handlingsplanar. Det er imidlertid framleis utfordringar knytte til samarbeidet om læringsmiljøet. Kommunikasjonen mellom skoleeigarane og skolane kan bli betre, og skoleeigarane avdekkjer manglar ved læringsmiljøet i deira eigne skolar.

Manifest mot mobbing vart underteikna av sentrale nasjonale partar for perioden 2010–14, og dette arbeidet er ført vidare. Hausten 2013 hadde 322 kommunar underteikna lokale manifest. I 2012 vart det gjennomført ein kampanje med tittelen Vaksne skapar venskap. Målet med kampanjen var å skape lokalt engasjement i kvar kommune. 38 pst. av skolane og 43 pst. av skoleeigarane gjennomførte lokale arrangement, og nettsida med fagstoff og materiell var godt besøkt.

Heilskapleg skoledag (2009–2012), eit utviklingsprosjekt der ni skolar har prøvt ut tre modellar for god samanheng mellom skolen og skolefritidsordninga (SFO), vart avslutta i 2012. Målsetjinga var at SFO skulle støtte opp under utviklinga av eit godt læringsmiljø og fagleg læring i skolen. Innhaldet i den heilskaplege skoledagen i prosjektet var både fagleg styrking, leksehjelp, fysisk aktivitet, sunne måltid og kulturelle aktivitetar. Rambøll har evaluert utprøvinga og rapporten frå januar 2013 viser at samhandling og samanheng mellom skolen og SFO er styrkt i forsøksskolane. Det er likevel ikkje mogleg å dokumentere endringar i læringsutbytte, helse og læringsmiljø.

Forsøk med arbeidslivsfag som eit alternativ til framandspråk/språkleg fordjuping på ungdomstrinnet omfatta i 2012 82 kommunar og 133 skolar. Tilbodet om arbeidslivsfag har hatt betydeleg innverknad på rekrutteringa til fordjuping i norsk/samisk og engelsk, som på nokre av forsøksskolane har vorte avvikla. To tredelar av elevane i arbeidslivsfaget er gutar. NOVA si undervegsevaluering av forsøket frå 2012 syner at skoleleiarar er entusiastiske, og at faget er ønskt av både lærarar, elevar og foreldre. Åtte av ti elevar som deltek i faget, meiner arbeidslivsfaget er det beste faget på skolen. NOVA si sluttevaluering av dei skolane som har delteke i prosjektet, kjem hausten 2013 og vil vere eit grunnlag for å vurdere framtida til faget. Forsøksperioden er utvida frå 2013 til 2016, og alle kommunar kan starte med forsøk med arbeidslivsfag.

Vurdering for læring (2009–2014) er eit prosjekt for å styrkje vurderingspraksis og vurderingskultur hos skoleeigar, skolar og lærebedrifter. Departementet prioriterer auka kvalitet på vurderingsarbeidet i skolen høgt. Per desember 2012 hadde skolar og lærebedrifter frå alle fylkeskommunar, 187 kommunar og 34 private skolar vore med i satsinga. Rapportar frå NTNU og SINTEF frå 2013 syner at satsinga har ført til auka medvit og kunnskap på alle nivå om vurdering og eigen vurderingspraksis, men at det samstundes er stor variasjon i kor langt den enkelte skoleeigar, skole og lærebedrift har komme, og korleis utviklingsarbeidet er gjennomført. Mange peiker på at det tek lang tid å endre holdningar, kultur og praksis. Meir generelt syner fleire forskingsbidrag at mange lærarar sluttar opp om nasjonale føresegner om vurdering og læreplanar, og at ein læringsfremmande vurderingskultur byrjar å setje seg i grunnopplæringa.

Som ein del av Groruddalssatsingen (2012–2016) gjennomfører Oslo kommune eit utviklingsprosjekt i Groruddalen og bydel Søndre Nordstrand. Målet med prosjektet er å skape stabil utvikling som gir kontinuerleg og dokumentert betring av elevresultat. Prosjektet skal skape endring med varig verknad, og gi skolar og skoleeigarar meir kunnskap og erfaring som kan nyttast i forbetringsarbeid på fleire skolar. Ei evaluering skal setjast i verk hausten 2013.

GNIST (2009–14) er ein partnarskap mellom utdanningsmyndigheitene og partane i sektoren. Formålet er å nå felles målsetjingar om auka status og rekruttering til læraryrket samt betre kvalitet i lærarutdanningane, lærarprofesjonen og skoleleiinga. Betra kvalitet i lærarutdanningane er eit av formåla med reforma av grunnskolelærarutdanninga. Betra kvalitet i lærarprofesjonen blir målt blant anna gjennom deltaking frå lærarane og oppfatninga deira av etter- og vidareutdanningssystemet. Betra kvalitet i skoleleiinga blir målt blant anna gjennom deltaking i det nasjonale rektorprogrammet og oppfatninga av dette. Rekrutteringskampanjen Har du det i deg? vart ført vidare i 2012. Dei fylkesvise partnarskapane vart styrkte med midlertidige prosjektleiarstillingar. Indikatorrapport 2012 viser framgang for statusen til læraryrket samt auka rekruttering til lærarutdanningane. I perioden 2008–13 har talet på kvalifiserte førstevalssøkjarar auka med 89,8 pst. for femårig integrert lærarutdanning, 25,8 pst. for faglærarutdanningane og 61,8 pst. for allmennlærar- og grunnskolelærarutdanningane. Tilsvarande auke for høgre utdanning alt i alt har vore 35 pst. i same periode.

Tilskott til karriererettleiing vart fordelte likt til kvar av fylkeskommunane. Rapporteringa viser at det er skilnader mellom fylka i både omfang av og innhald i aktiviteten. For å stimulere til vidare utvikling og eit likare tilbod i heile landet vil departementet i 2014 leggje om tilskottsordninga og flytte finansieringa til kap. 258 ny post 60.

I 2012 vart det tildelt stimuleringstilskott for kulturskolar, i alt 224 prosjekt. Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa mottek rapportar frå prosjekta. I 2012 gjekk hovuddelen av midlane til prosjekt med kombinerte stillingar i kulturskole og grunnskole/SFO, inkludert ungdomstrinnet. Dei øvrige midlane vart tildelte nye utviklingsprosjekt og vidareføring eller fordjuping av eit utval prosjekt som fekk støtte i 2010 og 2011. Evaluering av tildelingane i 2010, 2011 og 2012 er forseinka og vil vere klar i desember 2013.

Læreplanar

Læreplanar for dei fem gjennomgåande faga norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag er reviderte etter ei høyring i 2012 og gjeld frå skolestart hausten 2013. Det er mellom anna lagt vekt på å synleggjere progresjonen i dei grunnleggjande dugleikane i læreplanane. Revideringa av desse fellesfaga omfattar også dei parallelle planane for samiske elevar og særskilde planar for døve/tunghøyrde.

Læreplanen i norsk er den planen der det er gjort flest endringar. Det er lagt vekt på å gjere læreplanen mindre omfattande, og ein har gått inn for å synleggjerei munnleg og skriftleg kommunikasjon. Vurderingsordninga i norskfaget er som før. Det er også fastsett ein midlertidig læreplan i norsk for elevar i vidaregåande opplæring med kort butidi Noreg.

I 2012 vart det fastsett åtte læreplanar i valfag for ungdomstrinnet som ei oppfølging av Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter. I 2013 vart det fastsett seks nye læreplanar i valfag, slik at skolane kan velje mellom 14 ulike valfag. Alle skolar må tilby minst to valfag. Målet med valfaga er auka motivasjon og meistring for elevane. Det er også utarbeidd rettleiingar om korleis skolane kan ta i bruk dei nye læreplanane i valfag.

Kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa

Det samanhengande nasjonale prøve- og vurderingssystemet omfattar mellom anna nasjonale prøver og obligatoriske kartleggingsprøver. Dei nasjonale prøvene gir styringsinformasjon til nasjonale utdanningsmyndigheiter, skolar og skoleeigarar, og blir nytta som eit pedagogisk verktøy for læraren. Dei obligatoriske kartleggingsprøvene og anna prøve- og kartleggingsmateriell skal avdekkje behov for oppfølging og tilrettelegging på elev- og skolenivå. I skoleåret 2012–13 er det gjennomført nasjonale prøver på 5., 8. og 9. trinn i lesing og rekning og på 5. og 8. trinn i engelsk. Det er vidare gjennomført obligatoriske kartleggingsprøver i talforståing og reknedugleik på 2. trinn, i lesedugleik på 1., 2. og 3. trinn og i lesing og rekning som grunnleggjande dugleik på Vg1. I tillegg er det tilgjengeleg fleire frivillige prøver. I 2012 er det utvikla nye frivillige kartleggingsprøver i digitale dugleikar på 4. trinn og frivillige, karakterstøttande prøver i naturfag og samfunnsfag på 10. trinn.

Nasjonal karakterstatistikk og resultat på nasjonale prøver kan ikkje tolkast som endringar i faglege dugleikar frå eitt elevkull til eit anna. Dette skyldast at prøvene ikkje er laga med eit felles utgangspunkt som gjer det mogleg å samanlikne endringar over fleire år. I 2011 og 2012 vart grunnlaget for trendmålingar på dei nasjonale prøvene lagt. I 2012 innebar dette at rekneprøvene vart haldne hemmelege for at nokre av oppgåvene skal kunne nyttast om att som såkalla ankeroppgåver. Analysearbeidet etter første gjennomføring med ankeroppgåver på nasjonale prøver i engelsk er i gang.

Nye resultat frå TIMSS og PIRLS vart lagde fram i desember 2012, jf. omtale under tilstandsvurderinga i kategoriinnleiinga. Resultata frå PISA-undersøkinga som vart gjennomført i 2012, vil bli lagde fram i desember 2013.

Utviklinga av kvalitetsvurderingssystemet i fag- og yrkesopplæringa er ført vidare. Informasjon om gjennomføring, læringsmiljø, kvaliteten på opplæringa i lærebedriftene og overgangen til arbeidsmarknaden for nyutdanna fagarbeidarar skal inngå, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. Program for forsking på fag- og yrkesopplæringa under Utdanningsdirektoratet er ført vidare. Forskinga som blir gjennomført i samarbeid mellom NIFU, Fafo, Universitetet i Bergen og Høgskolen i Oslo og Akershus, konsentrerer seg om seks tema: læringsmiljø, innhald og vurdering, kvalitetsarbeid, gjennomføring og fråfall, fagopplæringa som inngangsport til arbeidslivet og eit heilskapleg kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa. Sluttrapport vil vere klar i 2015.

Elevar, lærlingar, lærebedrifter, lærarar og føresette skal kunne gi tilbakemelding om læringsmiljøet på skolen eller i lærebedrifta gjennom ulike brukarundersøkingar. Resultata frå brukarundersøkingane blir nytta av skolar, skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen. Det blir arbeidd kontinuerleg for å auke deltakinga i brukarundersøkingane. Elevundersøkinga er obligatorisk å gjennomføre på 7. og 10. trinn i grunnskolen og for elevar på Vg1 i vidaregåande opplæring, jf. omtale av resultata under tilstandsvurderinga i kategoriinnleiinga.

I 2012 vart Lærlingundersøkinga revidert med mellom anna færre spørsmål og betre tilpassa spørsmål. I 2012–13 gjennomførte tolv fylkeskommunar undersøkinga. Svarprosenten i målgruppa vart om lag 50 pst. Lærlingundersøkinga skal gjennomførast kvart år, og resultata blir publiserte i juni.

Tilsyn har avdekt lovbrot i samband med både det førebyggjande arbeidet til skolane, det individretta arbeidet og krava til brukarmedverknad. Tilsyna har konstatert at mange skolar har planar og rutinar for arbeidet med skolemiljøet, men at det skortar på oppfølginga av desse planane. For at elevane verkeleg skal vere trygge på at dei har eit godt skolemiljø som legg til rette for god læring, må skolane realiserer planane sine.

Fleire forskings- eller evalueringsprogram om grunnopplæringa blir heilt eller delvis finansierte over kap. 226 post 21. Dette gjeld ei rekkje mindre kartleggingar, evalueringar og forskingsbaserte analysar. Vidare gjeld dette forskingsprogramma Utdanning2020 og PRAKUT og undersøkinga PIAAC, jf. omtale under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. Det overordna målet for utdanningsforskinga er å medverke til å heve kvaliteten i utdanninga gjennom meir og betre kunnskap om utdanningssektoren.

I forskingsprogrammet Utdanning2020 tek fleire av prosjekta for seg overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring og mellom vidaregåande opplæring og arbeidsliv eller høgre utdanning. PRAKUT er eit forskingsprogram som skal styrkje den praksisnære forskinga om barnehagen, grunnopplæringa og lærarutdanningane. Kunnskapssenteret for utdanning vart i 2011 oppretta som ei avdeling i Noregs forskingsråd, jf. omtale under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. Senteret har i hovudoppgåve å halde oversikt over og formidle nasjonal og internasjonal utdanningsforsking slik at kunnskapen kjem til nytte i barnehagar, skolar, høgre utdanningsinstitusjonar og i den offentlege forvaltninga. Center for Educational Measurement at University of Oslo (CEMO) vart oppretta hausten 2012. Eininga skal medverke til nasjonal kompetanseutvikling innanfor pedagogiske målingar og til å utvikle og formidle kunnskap til utdanningssektoren.

Evalueringa av Kunnskapsløftet starta i 2006 og vart fullførtt i 2012. Evalueringa viser at fleire av målsetjingane i reforma er på veg til å bli realiserte. Reforma har ført til eit skifte i merksemd mot auka vektlegging av læringsutbyttet til elevane og lærlingane. Arbeidet med grunnleggjande dugleikar har fått meir merksemd i både grunnskolen og den vidaregåande skolen. Evalueringa viser at omlegginga til målbaserte læreplanar har vorte godt motteken og ser ut til å fungere bra, sjølv om ho også har vore krevjande for lærarar og skoleleiarar. Evalueringa avdekkjer vidare at det er stor variasjon mellom skolar i korleis reforma er gjennomført. Reforma har ført til meir aktivt skoleeigarskap, auka merksemd på vurderingsarbeidet i skolen og søkjelys på handlingsrommet til lærarar og skoleleiarar. Ved innføringa av reforma vart det gitt signal frå sektoren om behov for meir stønad og rettleiing. Dette førte til eit skifte mot meir stønad og rettleiing frå statleg hald på lokalt nivå til å gjennomføre tiltaka i reforma.

I 2012 vart 10 mill. kroner over posten nytta til barnehageformål: studieplassar for vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen, styrkt rettleiing av kommunane når det gjeld forskrifta om likeverdig behandling av tilskott til ikkje-kommunale barnehagar, gjennomføring av undersøkingar av forskrifta og av kommunen som barnehagemyndigheit, forvaltinga og evaluering av leiarutdanninga for styrarar og ulike forskingsprosjekt. For nærmare omtale av barnehageområdet, sjå programkategori 07.30 Barnehagar og kap. 231.

Budsjettforslag for 2014

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på om lag 1,077 mrd. kroner over kap. 226 post 21 i 2014.

Kompetanseutvikling

Kompetansen til lærarane er den viktigaste faktoren for læringa til elevane. Departementet vil derfor føre vidare satsinga på kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar gjennom strategien Kompetanse for kvalitet 2012–2015. Departementet vil føre vidare løyvinga på 372 mill. kroner slik at nye 1 850 lærarar og 400 skoleleiarar kan starte opp hausten 2014. Dersom det blir fleire søkjarar, kan det vere aktuelt å omprioritere midlar til dette.

Departementet vil halde fram med satsinga på ungdomstrinnet gjennom Ungdomstrinn i utvikling 2012–2017. Departementet tek sikte på å setje av 145 mill. kroner til satsinga. Satsinga omhandlar skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, lesing, skriving og rekning. Målet er at alle skolar med ungdomstrinn skal delta i løpet av strategiperioden. Departementet legg opp til at 300 skolar skal starte opp hausten 2014. Kompetanseutviklinga i klasseleiing blir sett i samanheng med satsinga på betre læringsmiljø i skolen.

Departementet vil føre vidare Ny GIV-prosjektet med å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. I 2014 tek departementet sikte på å setje av 68 mill. kroner til tiltaket. Løyvinga til Ny GIV må òg sjåast i samanheng med løyvinga på kap. 226 post 60. Midlane skal blant anna nyttast til etterutdanning for 900 lærarar i vidaregåande opplæring og til vidareutdanningstilbod for om lag 60 tilsette i den fylkeskommunale oppfølgingstenesta (OT) og Nav. I tillegg blir det nytta midlar til prosjektleiing i fylkeskommunane. I 2014 skal aktiviteten omfatte alle fylkeskommunane. Det vil bli sett i verk ei særskild satsing i Finnmark fylkeskommune. Eit viktig tiltak for betre gjennomføring er at opplæringa innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma blir meir yrkesretta og meir relevante for elevane. Departementet vil halde fram med særskild satsing på auka yrkesretting og relevans i faga norsk, matematikk, naturfag og engelsk.

I Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk Mangfold og fellesskap vart det varsla eit femårig kompetanseløft på det fleirkulturelle området. Departementet vil føre vidare satsinga på utvikling av kompetanse i opplæring av minoritetsspråklege barn, unge og vaksne frå barnehage og grunnopplæring til vaksenopplæring og høgre utdanning. Dette inneber mellom anna satsing på andrespråksdidaktikk, vaksenpedagogikk, kunnskap om fleirspråklegheit og fleirkulturell pedagogikk. Både tilsette, leiarar og eigarar av barnehagar og skolar samt lærarutdannarar vil bli omfatta av satsinga. I 2014 vil midlane bli nytta til kompetanseheving av universitets- og høgskolesektoren, skole- og barnehagebasert etterutdanning og kompetanseheving av skoleeigar og barnehagemyndigheit/barnehageeigar.

Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap dokumenterer store utfordringar i den evna utdanningssystemet har til å møte mangfaldet av barn, unge og vaksne med eit tilpassa opplæringstilbod. Den kommunale pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) er heilt sentral i denne samanhengen. Departementet vil føre vidare satsinga på etter- og vidareutdanning for dei tilsette i PP-tenesta slik at tenesta i større grad kan arbeide systemretta.

Rettleiing av nyutdanna lærarar skal sikre ein god overgang mellom utdanning og yrke og bidra til å rekruttere og halde på fleire dyktige lærarar i skolen. Departementet underteikna i 2009 ein intensjonsavtale med KS om at alle nyutdanna lærarar skal få rettleiing. Departementet vil ta initativ til å invitere KS og lærarorganisasjonane til eit samarbeid for å vidareutvikle ordninga.

Statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling

Satsinga på kvalitetsutvikling i sektoren gjennom statlege støttetiltak blir ført vidare i 2014. Ho omfattar skoleutviklingsaktørar, statlege skoleutviklingsprogram og -prosjekt samt statlege stimuleringstilskott.

Departementet vil styrkje satsinga på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma i tråd med Samfunnskontrakten for flere læreplasser og Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei. Kvalitet og mangfold i fellesskolen. Tiltaka i samfunnskontrakten skal medverke til å auke talet på lærekontraktar med 20 pst. innan 2015. Tiltaka vil omfatte hospitering for lærarar i vidaregåande skole og faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter, ekstra tilskott til lærebedrifter som tek inn lærlingar det er vanskeleg å formidle til læreplass, for eksempel på grunn av svake karakterar og/eller høgt fråvær, jf. også omtale under kap. 225 post 70. Midlane finansierer òg utprøving av vekslingsmodellar og alternativ til Vg3 i skole for dei som ikkje får læreplass og tiltak i samarbeid med partane i arbeidslivet for auka status og betre rekruttering i fag- og yrkesopplæringa. For elevar som ikkje får læreplass eller har dårlege faglege føresetnader til å fullføre og bestå påbyggingsåret, vil departementet prøve ut kvalifisering mellom Vg2 og Vg3. Utprøvinga vil omfatte kvalifisering både til læreplass og til påbyggingsåret. Det vil óg bli gitt midlar for å stimulere til styrking av samarbeidet mellom skoleeigarar og lokalt og regionalt arbeidsliv.

Forsøket med praksisbrev, eit toårig opplæringsløp med yrkesretta fellesfag og mykje utplassering i bedrift, blir ført vidare. I Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei – Kvalitet og mangfold i fellesskolen forslår ein å utvide tilbodsstrukturen med praksisbrevet. Inntil ei regulering er vedteken, held forsøket fram.

Det vil bli starta ein gjennomgang av tilbodsstrukturen i fag- og yrkesopplæringa. Målet er å forbetre kvaliteten på opplæringstilboda, tilpasse tilbodet til kompetansebehova til arbeidslivet, og auke verdien til fag- og sveinebreva.

Rettleiarkorpset skal gi rettleiing til skoleeigarar og skolar som treng hjelp for å betre læreprosessane i skolen. Målet er å styrkje læringsresultata og læringsmiljøet på skolane. Departementet vil føre vidare tiltaket i 2014. Korpset vil fullføre rettleiinga overfor 19 skoleeigarar i 2013-porteføljen, og vil starte opp inntil 20 nye rettleiingsavtalar i 2014-porteføljen.

GNIST held fram ut første halvår 2014, og midlane skal nyttast til å fremme dei same felles målsetjingane som før om auka status og rekruttering samt betre kvalitet i lærarutdanningane, lærarprofesjonen og skoleleiinga. Sekretariatet vil produsere indikatorrapport, arrangere nasjonale møte i partnarskapen og følgje opp dei fylkesvise partnarskapane, mellom anna når det gjeld satsinga på ungdomstrinnet og rekruttering til lærarutdanningane.

Departementet vil starte opp eit forprosjekt med fleirfagleg kompetanse i skolen. Målet med prosjektet er å få kunnskap om og dokumentere effektar av korleis systematisk satsing på fleirfagleg kompetanse i skolen kan bidra til betre læringsmiljø, auka læringsutbytte, tidleg innsats overfor utsette grupper av elevar og frigjere tid for lærarane til undervisning. Innsatsen skal medverke til å betre tverretatleg samarbeid og samarbeid med føresette for elevar som treng hjelp frå andre tenester.

Satsinga på Bedre læringsmiljø (2009–2014) blir ført vidare i 2014. Innsatsen mot krenkjande handlingar som mobbing, seksuell trakkasering, rasisme og diskriminering held fram. Manifest mot mobbing blir ført vidare i 2014, og departementet vil saman med manifestpartnarane stimulere til auka kvalitet på innhaldeta i dei lokale manifesta. Departementet vil gi støtte til program mot mobbing også i 2014. Det er sett i gang tiltak mot skolar som har vedvarande høge tal for mobbing, og desse blir førte vidare i 2014. Eit utval av kommunane med skolar med høge mobbetal over tid vil få eit tilbod om rettleiing og faglege samlingar for å utvikle sin eigen kompetanse på området. Kommunar som takkar nei, må rapportere om sin eigen innsats i arbeidet. Utvalet som er sett ned for å vurdere verkemiddel for å skape eit godt psykososialt skolemiljø, motverke og handtere mobbing og andre uønskte hendingar i skolen, held fram med arbeidet sitt i 2014 og levererinnstillinga si i 2015.

Forskings- og utviklingsprosjektet Skolen som arena for barn og unges psykiske helse (2013–2017) skal førast vidare. Fire kommunar med alle skolar og helsetenester deltek i prosjektet. FoU-prosjektet er, saman med resultata av ei kartlegging om skolane sin kunnskap om psykisk helse, sentralt i departementets oppfølging av strategiplanen for den psykiske helsa til barn og unge.

Departementet vil dele ut HM Dronning Sonjas skolepris til ein skole som utmerkjer seg i arbeidet for inkludering og likeverd, og Benjaminprisen til ein skole som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminering.

Elevar og lærlingar lærer best når dei forstår kva dei skal lære, får tilbakemeldingar på kvaliteten på arbeidet og får vite korleis dei kan forbetre seg. Vurdering, både undervegs- og sluttvurdering, er eit arbeid som er krevjande og komplekst, og som føreset høg fagleg kompetanse, godt utvikla fagleg skjønn og omfattande kollegasamarbeid. Vurderinga skal sikre ein rettvis og likeverdig praksis i skolen. Tilbakemeldingar frå skolar og kommunar gjennom evalueringa viser at satsinga Vurdering for læring, som vart avslutta i 2013, i stor grad har vore vellykka. I 2014 held derfor satsinga på vurderingskompetansen til lærarane og instruktørane fram.

Departementet vil føre vidare arbeidet med å auke rekrutteringa til utdanning og yrke innanfor realfag, og med å styrkje resultata i grunnopplæringa gjennom strategien Realfag for framtida og læringsressursen Den virtuelle matematikkskolen. Den virtuelle matematikkskolen skal omfatte både dei elevane som treng ekstra støtte, og dei som treng større utfordringar og vil ta matematikk på vidaregåande nivå. Erfaringane skal munne ut i ein rapport hausten 2014. Den virtuelle matematikkskolen er òg omtalt under kap. 224.

Løyvinga gjeld vidare satsinga på natur, miljø og berekraftig utvikling i grunnopplæringa gjennom Den naturlige skolesekken og strategien Kunnskap for en felles framtid, ein strategi for berekraftig utvikling for perioden 2012–15.

Lektor II-ordninga blir ført vidare. Ordninga inneber at yrkesaktive i andre delar av arbeidslivet blir knytte til opplæring på fagområde der skolen ser nytta av å få tilført kompetanse. Målsetjinga er å gi elevane ei meir praktisk tilnærming til faget samt betra rekruttering til realfaga. Løyvinga til formålet blir foreslått redusert med 3,5 mill. kroner. Ei evaluering av ordninga skal vere ferdig i 2014.

For perioden 2012–16 er det i sett i gang eit nytt skoleutviklingsprogram for å løyse samansette utfordringar på enkelte skolar i Groruddalen og i Søndre Nordstrand. Midlane skal gå til styrkt skoleleiing, auka kvalitet i undervisninga og betre samarbeid med føresette.

Departementet vil føre vidare løyvinga til eit forsøk med gratis deltids aktivitetsskole på ein skole i Oslo kommune. Det vil òg bli sett av midlar på budsjettet til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet til forsøket, jf. kap. 821 post 62.

På bakgrunn av ein overordna strategisk plan for samisk fjernundervisning vurderer departementet korleis ein best kan leggje til rette for slik undervisning. Fram til dette er fastsett, vil departementet føre vidare løyvinga til samisk fjernundervisning for elevar som bur i delar av landet der det er vanskeleg å gi ordinær samiskopplæring.

Departementet vil bidra til vidareføringa av den samiske læremiddelportalen Ovttas/Aktan/Aktesne.

Vidare skal det nyttast midlar til utvikling av læremiddel for kvensk-finsk opplæring, samt for å leggje betre til rette for opplæring som kan komme rom- og romanielevar til gode.

Det er eit overordna mål at lov- og regelverk blir forstått og etterlevd i sektoren. I 2013 er det starta eit målretta arbeid for å auke kunnskapen om og forståinga av regelverket blant barnehage- og skoleeigarane. I tillegg blir det gitt naudsynt informasjon til føresette. Arbeidet blir ført vidare i 2014.

Læreplanar

Departementet vil følgje opp implementeringa av dei reviderte læreplanane i dei fem gjennomgåande faga norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag, samt nye læreplanar i valfag.

Det vil bli sett i gang fleire forsøk med ein samla karakter eller to karakterar i høvesvis skriftleg og munnleg i norskfaget i ungdomsskolen på 8. og 9. trinn og i vidaregåande opplæring på Vg1 og Vg2. Forsøket på ungdomstrinnet vil starte frå skoleåret 2014–15, medan forsøket i vidaregåande skole er vorte sett i gang frå skolestart hausten 2013.

Departementet vil i 2014 følgje opp tiltak i Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei. Når det gjeld læreplanverket skal det gjennomførast endringar i strukturen for vidaregåande opplæring, til dømes ein ny struktur for utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon og formgivning som eit eige studieførebuande program.

Kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa

Kvalitetsvurderingssystemet blir forvalta og utvikla vidare i 2014.

Løyvinga blir nytta til utvikling av Skoleporten, brukarundersøkingar, statistikk og indikatorar og til deltaking i internasjonale undersøkingar. Midlar til drift av systemet blir òg løyvde over kap. 220 post 01 og 21. Innenfor løyvinga blir det dessutan nytta midler til utvikling av eit kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa.

Vidare blir løyvinga nytta til forsking og evaluering. For å kunne møte utfordringane i grunnopplæringa vil den langsiktige satsinga på utdanningsforsking halde fram i 2014 gjennom det nye programmet som vart etablert etter samanslåing av programma Utdanning2020 og PRAKUT, jf. omtale under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Tilgangen til norsk og internasjonal utdanningsforsking vil bli styrkt gjennom Kunnskapssenteret for utdanning, jf. omtale under programkategori 07.50. Center for Educational Measurement at University of Oslo (CEMO) skal medverke til nasjonal kompetanseutvikling innanfor pedagogiske målingar og til å utvikle og formidle kunnskap på fagområdet sitt til utdanningssektoren. Midlar til Kunnskapssenteret og CEMO blir løyvt over denne posten.

Andre tiltak

Løyvinga på kapitlet blir òg nytta til drift av sekretariat for utval, tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen og til tilskott til offentlege aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Etter kunngjering blir ein mindre del av posten tildelt private aktørar. Dette gjeld organisasjonar som driv antimobbeprogram, samt organisasjonar som arbeider med kulturskoletilbod.

Utdanningsdirektoratet får fullmakt til å vurdere disponeringa av midlane på posten i samarbeid med departementet, innanfor den ramma som er foreslått over.

Departementet har saman med KS starta eit prosjekt for å få meir kunnskap om den samla rapporteringa og dokumentasjonen frå skolane til ulike styresmakter, institusjonar og andre på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Prosjektet starta hausten 2013 og blir avslutta hausten 2014. Eit utval kommunar og fylkeskommunar vil bli tatt med i undersøkinga. Målet med prosjektet er å medverke til at skoleleiarar og lærarar opplever ein god balanse mellom krav til dokumentasjon og moglegheitene til å utnytte informasjonen til å forbetre eiga leiing, undervisning og skolen som organisasjon.

Kunnskapsdepartementet foreslår følgjande flyttingar til budsjettområda til andre departement:

  • For å skaffe fleire læreplassar i staten og sørgje for at lærlingane får god opplæring, har regjeringa oppretta eit opplæringskontor. Kunnskapsdepartementet støttar etableringa. Departementet foreslår å overføre 0,6 mill. kroner til kap. 1500 post 21 under budsjettet til Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet.

I tillegg foreslår departementet at løyvinga på kap. 226 post 21 blir redusert med om lag 115 mill. kroner på grunn av flyttingar til andre postar på budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Dette gjeld følgjande:

  • flytting av 82,9 mill. kroner til kap. 220 post 21 til drift av databasar, statistikksystem knytte til grunnopplæringa , nasjonale prøver og kartleggingsprøver

  • flytting av 30 mill. kroner til ny post 60 Tilskott til karriererettleiing under kap. 258

  • flytting av 1 mill. kroner til kap. 255 post 70 knytte til ei stilling ved HL-senteret, jf. revidert nasjonalbudsjett 2013

  • flytting av 400 000 kroner som gjeld tilskott til NOKUT, til kap. 280 post 01

  • flytting av 100 000 kroner til kap. 288 post 21 for å samle tilskottet til Tysk-Norsk Ungdomsforum (Deutsch-Norwegisches Jugendforum – DNJF)

  • flytting av 200 000 kroner til kap. 225 post 74, som blir øyremerkte til distribusjon av magasinet Blikk til skolebiblioteka

Post 50 Nasjonale senter i grunnopplæringa

Tilskotta til dei nasjonale sentra i grunnopplæringa vart flytte frå kap. 226 post 21 til kap. 226 post 50 i statsbudsjettet for 2012. Fagleg styring og oppfølging av sentra er delegert til Utdanningsdirektoratet.

Mål for 2014

Dei nasjonale sentra skal medverke til at den nasjonale utdanningspolitikken blir sett i verk og gjennomført slik at barn, unge og vaksne kan få ei likeverdig og tilpassa opplæring av høg kvalitet i eit inkluderande fellesskap. Sentra skal hjelpe universitets- og høgskolesektoren og lærarutdanningsinstitusjonane i arbeidet med satsingar på kompetanseutvikling. Fleire av sentra har òg den pedagogisk-psykologiske tenesta som målgruppe. Det er oppretta ti senter innanfor sentrale fagområde:

Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (Høgskolen i Oslo og Akershus)

Senteret skal gjennom verksemda si som nasjonalt ressurssenter bidra til auka kvalitet i opplæringstilbodet til minoritetsspråklege og medverke i arbeidet med å utvikle inkluderande, fleirkulturelle læringsfellesskap i barnehagen og grunnopplæringa. Senteret har fått utvida målgruppa til òg å gjelde den pedagogisk-psykologiske tenesta.

Nasjonalt senter for naturfag i opplæringen (Universitetet i Oslo)

Senteret skal gjennom verksemda si som nasjonalt ressurssenter bidra til auka kvalitet i naturfagopplæringa. Senteret skal medverke til auka motivasjon og interesse for naturfaga i barnehagen og grunnopplæringa.

Nasjonalt senter for matematikk i opplæringen (NTNU)

Senteret skal gjennom verksemda si som nasjonalt ressurssenter bidra til auka kvalitet i matematikkopplæringa. Senteret skal medverke til auka motivasjon og interesse for faget. Senteret skal vidare hjelpe til med å styrkje kompetansen i den grunnleggjande dugleiken rekning i grunnopplæringa, og auke interessa for arbeid med matematikk i barnehagen. Senteret har fått utvida målgruppa til òg å gjelde den pedagogisk-psykologiske tenesta.

Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforskning (Universitetet i Stavanger)

Senteret skal bidra til auka kvalitet i leseopplæringa. Senteret skal vere eit nasjonalt ressurssenter i arbeidet med å styrkje kompetansen i den grunnleggjande dugleiken lesing. Senteret skal gjennom verksemda si medverke til lesestimulering og leseglede i barnehagen og grunnopplæringa. Senteret har fått utvida målgruppa til òg å gjelde den pedagogisk-psykologiske tenesta.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Høgskulen i Volda)

Senteret skal gjennom verksemda si som nasjonalt ressurssenter bidra til auka kvalitet i arbeidet med nynorsk i barnehagen og grunnopplæringa. Senteret skal vidare medverke til interesse og motivasjon for nynorsk i barnehagen og grunnopplæringa.

Nasjonalt senter for fremmedspråk i opplæringen (Høgskolen i Østfold)

Senteret skal arbeide for auka kvalitet i framandspråkopplæringa og for at opplæringa skal få eit praktisk og variert innhald. Senteret skal gjennom verksemda si som nasjonalt ressurssenter medverke til auka motivasjon og interesse for framandspråk.

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (Universitetet i Nordland)

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa skal bidra til auka kvalitet i kunst- og kulturfaga i barnehagen og grunnopplæringa. Senteret skal gjennom verksemda si som nasjonalt ressurssenter medverke til engasjement for faga og for auka interesse for kunst- og kulturfag i opplæringa.

Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (Høgskolen i Sør-Trøndelag)

Senteret skal bidra til auka kvalitet i skriveopplæringa. Senteret skal vere eit nasjonalt ressurssenter i arbeidet med å styrkje kompetansen i den grunnleggjande dugleiken skriving. Senteret skal gjennom verksemda si medverke til skrivestimulering og skriveglede i barnehagen og grunnopplæringa.

Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning (Universitetet i Stavanger)

Senteret skal bidra til at den nasjonale utdanningspolitikken blir sett i verk og gjennomført slik at barn, unge og vaksne kan få ei likeverdig og tilpassa opplæring av høg kvalitet i eit inkluderande fellesskap. Senteret har fått utvida målgruppa til òg å gjelde den pedagogisk-psykologiske tenesta.

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet i barnehager og skole (Høgskolen i Bergen) (nyoppretta)

Senteret skal vere eit nasjonalt ressurssenter som skal medverke til at kunnskap og rettleiing om korleis god ernæring og dagleg fysisk aktivitet kan vere ein naturleg integrert del av barnehage- og skolekvardagen.

Senteret skal setje søkjelyset på korleis ernæring og fysisk aktivitet kan vere naturleg integrert på tvers av fag, og særleg vere ein ressurs for faga mat og helse og kroppsøving. Senteret skal bidra til at det lokalt blir arbeidd på tvers av sektorane med å fremme fagleg, personleg og sosial utvikling for barn og unge.

Senteret skal bidra til å styrkje rolla til barnehagane og skolane som helsefremmande og førebyggjande arenaer for barn og ungdom, samt arbeide for å samordne den førebyggjande innsatsen, og utvikle og formidle kunnskap til bruk for barnehagar og skolar.

Rapport for 2012

Arbeidet med fagstyring og utvikling av verksemdene er ført vidare. I oppdragsbreva for 2012 og 2013 fastsette Utdanningsdirektoratet mål, resultatkrav og prioriteringar i samsvar med statlege satsingar. Det er gjennomgåande høg aktivitet frå sentra mot sektoren. Sentra har vist stor fleksibilitet og løyst oppdraga med høg fagleg kvalitet trass i kapasitetsutfordringar. Det er større medvit i sentra om å ta i bruk strategiar som sikrar landsdekkjande verksemd som nettbaserte tenester, nettverksbygging og regional aktivitet. Dei nasjonale sentra er sentrale aktørar i arbeidet med nasjonale satsingar på lesing, realfag, rekning og matematikk, tiltaksplan for nynorsk og tiltaksplan for programfag innanfor framandspråk.

Budsjettforslag for 2014

Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet etablert eit nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet, jf. Innst. 470 S (2012-2013) og Prop. 149 S (2012-2013). I 2014 foreslår Kunnskapsdepartementet å auke løyvinga på kap. 226 post 50 med 3,65 mill. kroner som skal gå til senteret.

Departementet foreslår å flytte om lag 11,7 mill. kroner til kap. 226 post 50 frå kap. 230 post 01 til drift av Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning. Dette er midlar som tidlegare gjekk til drift av Lillegården kompetansesenter i Statped, som vart slått saman med Senter for atferdsforskning til Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning ved Universitetet i Stavanger frå 1. januar 2013. I tillegg foreslår departementet å auke løyvinga med 3,6 mill. kroner for å dekkje ekstra kostnader knytte til samanslåinga av dei to sentra.

Departementet foreslår ei samla løyving på 84,6 mill. kroner på posten.

Dei nasjonale sentra skal evaluerast, og rapport kjem etter planen i 2015.

Post 60 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

Mål for 2014

Målet for løyvinga er å styrkje satsinga på tettare oppfølging av elevar med svake grunnleggjande dugleikar på obligatoriske kartleggingsprøver i Vg1, og av elevar med svake grunnleggjande dugleikar og høgt fråvær allereie på ungdomstrinnet. Tilskottet inngår som eit element i satsinga for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring.

Rapport for 2012

I tråd med St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja har departementet sidan 2009, gitt ei eiga løyving for tettare oppfølging av elevar i vidaregåande opplæring som har svake grunnleggjande dugleikar på kartleggingsprøver i Vg1, og elevar med svake grunnleggjande dugleikar og høgt fråvær allereie på ungdomstrinnet. Ein suksessfaktor ser ut til å knytte seg til tette relasjonar mellom lærar og elev og tett oppfølging av den einskilde. Midlane blir gitte for å styrkje kapasiteten i sektoren til å leggje til rette for overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande skole, og i vidaregåande opplæring. Rapportar frå fylkeskommunane viser stort mangfald i dei lokale tiltaka.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Post 62 Tilskott for auka lærartettleik

Løyvinga på posten finansierer ei fireårig forsøksordning med auka lærartettleik på ungdomstrinnet frå hausten 2013.

Tilskottet går til kommunar med skolar som i skoleåret 2011–12 hadde ein gjennomsnittleg gruppestørrelse i undervisning på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet, og som har grunnskolepoeng under snittet for landet. Departementet har utarbeidd retningslinjer for tilskottet med føringar for mellom anna søknad og føresetnader for tildeling av midlar.

Tilskottet er søknadsbasert, og kommunane med skolar som er omfatta av ordninga, måtte søkje det første året. Deretter må dei etter ei rapportering årleg søkje om å få vidareført midlane i fireårsperioden. Kommunane blir tildelte midlar til eitt eller fleire årsverk per skole ut frå storleiken på dei skolane som er omfatta av tilskottet. Det er også lagt til grunn at midlane skal gå til å auke lærartettleiken i ordinær undervisning ved desse skolane ut over ressursnivået slik det er før tildeling av midlar. Ordninga vart innført i budsjettet for 2013 og gav rom for inntil 600 fleire lærarårsverk. Alle kommunar som hadde skolar som var omfatta av ordninga og søkte om tilskott, har fått tilskott. Ordninga omfattar no 573 nye lærarårsverk.

Departementet vil foreslå ei endring i opplæringslova for Stortinget som gir heimel til å forskriftsfeste eit forholdstal mellom talet på elevar og talet på lærarar. Den fireårige tilskottsordninga skal føljeevaluerast, og evalueringa skal nyttast til å hauste erfaring med og kunnskap om effekten av auka lærarressursar. Dette kan vere eit grunnlag for å eventuelt seinare forskriftsfeste eit forholdstal mellom talet på lærarar og talet på elevar.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å styrkje lærartettleiken ved skolar som i skoleåret 2011–12 hadde gjennomsnittleg gruppestorleik på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet og med grunnskolepoeng under snittet for landet.

Det er òg eit mål å sjå om tiltaket kan bidra til å redusere behovet for spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å auke løyvinga med 210 mill. kroner som følgje av at lærarårsverka som tilskottet går til, får heilårsverknad i 2014. Departementet foreslår ei løyving på 372,2 mill. kroner i 2014.

Post 70 Tilskott til NAROM

NAROM (Nasjonalt senter for romrelatert opplæring) er eit nasjonalt senter og skolelaboratorium for alle utdanningsnivåa innanfor romrelatert opplæring. Senteret vart offisielt opna hausten 2000 og er samlokalisert med Andøya Rakettskytefelt. NAROM nyttiggjer seg den etablerte infrastrukturen ved Andøya Rakettskytefelt og forskingsstasjonen ALOMAR, som er eit atmosfæreobservatorium på Andøya. ALOMAR blir leidd av eit styre som er nemnt opp av Norsk Romsenter, og drifta er lagd under Andøya Rakettskytefelt.

Mål for 2014

NAROM skal bidra til rekruttering til norsk romverksemd samt skape større interesse for real- og teknologifaga. Senteret skal òg arbeide med å få ein posisjon for Noreg innanfor internasjonalt samarbeid om romopplæring.

Målgrupper for tilskottsordninga er elevar og lærarar i grunn- og vidaregåande skole, studentar på relevante fagområde på høgre nivå, lærarstudentar, lærarar og lærarutdanningar samt internasjonalt samarbeid og prosjekt innanfor romrelatert opplæring.

Rapport for 2012

NAROM bruker primært tilskottet frå Kunnskapsdepartementet til aktivitetar som er knytte til grunnopplæringa. I 2012 er det initiert, utvikla og gjennomført i alt 74 ulike opplæringstiltak. Totalt har 4 448 lærarar, elevar og studentar frå grunnskolar, vidaregåande skolar og høgre utdanningsinstitusjonar over heile landet delteke i aktivitetane til NAROM i 2012. NAROM har òg medverka til og hatt ansvaret for utvikling av fleire nettbaserte læringsressursar.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Post 71 Tilskott til vitensenter

Eit vitensenter er eit populærvitskapleg opplevings- og læringssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkjande lærer ved å eksperimentere. Saman skal dei regionale vitensentra utgjere eit heilskapleg nasjonalt tilbod. Vitensentra er eit viktig verkemiddel for å skape interesse for og kunnskap i realfag, og for rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng både no og i framtida. Sentra skal vere ei støtte og gi verktøy til skolane og lærarane i opplæringa og skal bidra til mellom anna oppfølging av nasjonale strategiar, slik som realfagsstrategien. Tilbodet er mellom anna knytt til læreplanar i realfag og kan medverke til ei praktisk tilnærming til faga. Åtte vitensenter er omfatta av Vitensenterprogrammet:

  • Jærmuseet – Rogaland,

  • Nordnorsk vitensenter – Tromsø,

  • Vitensenteret i Oslo v/Norsk Teknisk Museum,

  • Vilvite – Bergen

  • Vitensenter, Vitenlaben – Grenland,

  • Vitensenteret i Trondheim,

  • Vitensenteret innlandet – Gjøvik

  • Inspiria Science Center – Østfold

Mål for 2014

Målet med tilskottet er å medverke til å utvikle regionale vitensenter som eit tilbod til elevar, studentar, lærarar og foreldre samt allmenta.

Rapport for 2012

I 2012 fekk åtte regionale vitensenter statleg støtte på totalt 34,5 mill. kroner. I 2012 var det 762 000 besøkjande for dei åtte vitensentra samla. Det er ein auke på over 61 000 besøkjande, altså ni pst. fleiresamanlikna med i 2011. Av dette har delen skolebesøk auka med 18 pst. frå 2011.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å utvide talet på vitensenter ved å opprette eit senter på Sørlandet. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 4.5 mill. kroner.

Post 72 Tilskott til utviklingsprosjekt i grunnopplæringa

Tilskottsordninga er ny frå 2013, med retningslinjer frå januar same år. Tilskottsmottakarar er private og frivillige organisasjonar. Målgruppa er elevar og lærarar i grunnskole og vidaregåande opplæring i Noreg. Prosjekta må ha overføringsverdi / nasjonal verdi. Tilskottet skal gå til prosjektstøtte, og prosjekta skal vere tidsavgrensa. Delar av midlane på posten vil, i samband med Stortinget si behandling av dei årlege forslaga til statsbudsjett, kunne bli øyremerkte til einskilde tilskottsmottakarar før vurdering av fordelinga av resterande midlar på posten.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å stimulere private og frivillige organisasjonar til å setje i verk prosjekt som på ulike måtar kan bidra til å nå sektormåla for grunnopplæringa, jf. omtale av sektormåla i kategoriinnleiinga.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

60

Tilskott til Moskvaskolen og Murmanskskolen

1 339

2 044

2 111

61

Tilskott til vaksenopplæring i Andebu kommune

4 500

4 644

4 797

62

Tilskott til Fjellheimen leirskole

5 361

5 533

5 716

70

Tilskott til Den franske skolen i Oslo

6 660

6 880

7 121

71

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

23 023

23 783

24 615

72

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

29 037

29 995

31 045

73

Tilskott til opplæring i Kenya

698

1 186

1 309

74

Tilskott til Signo og Briskeby

12 374

40 009

38 649

75

Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

10 000

Sum kap. 0227

82 992

114 074

125 363

Kap. 227 omfattar tilskott til skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønskjer å støtte fordi verksemda ved skolane dekkjer viktige behov.

Post 60 Tilskott til Moskvaskolen og Murmanskskolen

Moskvaskolen vart oppretta i august 1994 som eit samarbeidsprosjekt mellom Akershus fylkeskommune og Det statlege russiske vitskapsakademiet.

Murmanskskolen har frå 2008 vore driven som eit forsøksprosjekt, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Troms fylkeskommune og Ministeriet for utdanning i Murmansk fylke. Frå skoleåret 2012–13 er skolen godkjend for permanent drift. Troms fylkeskommune står ansvarleg for vidaregåande opplæring på Murmanskskolen. Skolen skal vere med på å styrkje samarbeidet mellom nabolanda Noreg og Russland, noko som er eit satsingsfelt for regjeringa.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å gi elevar frå Noreg med kompetanse i russisk høve til å ta Vg3 ved norsk-russisk vidaregåande skole i Moskva (Moskvaskolen) eller i Murmansk (Murmanskskolen). Tilskottet til Moskvaskolen skal nyttast til å dekkje delar av pliktene til Akershus fylkeskommune i høve til avtalen med Det statlege russiske vitskapsakademiet om driftsstønad til Moskvaskolen. På grunn av misleghald ved Moskvaskolen har Akershus fylkeskommune vedteke å avvikle avtalen. Fylkeskommunen tek sikte på ei gradvis avvikling slik at dei elevane som allereie går på skolen, ikkje skal bli skadelidande. Tilskottet til Murmanskskolen går til Troms fylkeskommune og skal nyttast til drift av Murmanskskolen.

Rapport for 2012

I skoleåret 2012–13 var det ein elev frå Noreg som tok Vg3 ved Moskvaskolen, og fire elevar frå Noreg som tok Vg3 ved Murmanskskolen. Talet på elevar ved Murmanskskolen kan ventast å auke etter at drifta ved Moskvaskolen er avvikla.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at ledige midlar på posten på grunn av utfasinga av Moskvaskolen kan nyttast til å auke elevtalet ved Murmanskskolen. Elevar frå Noreg som har søkt seg til Moskvaskolen hausten 2013, kan da få tilbod om skoleplass ved Murmanskskolen. Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 61 Tilskott til vaksenopplæring i Andebu kommune

Tilskottsordninga vart oppretta i 2012. Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skole i Andebu kommune for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar. Andebu kommune er ifølgje opplæringslova ansvarleg for å finansiere opplæring for vaksne som har meldt flytting til kommunen. Tilskottet skal dekkje ekstrakostnader kommunen har knytte til dette ansvaret, inkludert kostnadene til sakkunnige vurderingar.

Mål for 2014

Målet med denne ordninga er å medverke til at vaksne som bur ved Stiftelsen Signo i Andebu kommune, får vaksenopplæring dersom dei har behov for det.

Rapport for 2012

Av tilskottet på 4,5 mill. kroner som kommunen fekk overført i 2012, vart om lag 4,3 mill. kroner nytta til kjøp av vaksenopplæringstenester frå Signo. Resten gjekk til å finansiere auka utgifter knytte til det meirarbeidet dette har ført til for Andebu kommune.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole

Fjellheimen leirskole er ein leirskole for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Leirskolen finansierer drifta si ved statstilskott, betaling frå elevane/deltakarane og medverknad frå Engerdal kommune, som eig og driv Fjellheimen leirskole.

Tilskottsmottakar er Engerdal kommune, og tilskottet skal nyttast til drift av Fjellheimen leirskole. Føresetnaden for at heile tilskottet kan betalast ut, er at skolen oppfyller eit resultatkrav på minst 900 besøkjande elevar og leiarar per år. Maksimal kapasitet ved skolen er 1 000 deltakarar per år.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller med lærevanskar kan få eit opphald ved Fjellheimen leirskole. Slik kan dei utviklingshemma få eit meiningsfylt tilbod om rekreasjon med tilpassa friluftsliv og sosial omgang i trygge omgivnader.

Rapport for 2012

Talet på deltakarar ved leirskolen i 2012 var totalt 987 personar.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 70 Tilskott til Den franske skolen i Oslo

Noreg har inngått ein avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike i eige land legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å styrkje samarbeidet med Frankrike og stillinga til det franske språket i Noreg. På skolen går det elevar frå både Frankrike og Noreg samt elevar frå mange andre land.

Rapport for 2012

I skoleåret 2012–13 hadde Den franske skolen i Oslo 238 elevar på barnetrinnet,163 elevar på ungdomstrinnet og 74 elevar i vidaregåande opplæring, totalt 475 elevar. Dette er ein svak nedgang frå skoleåret 2011–12 (480 elevar) og skoleåret 2010–11 (477 elevar). I skoleåret 2012–13 var det sju lærlingar frå Noreg som fekk opplæring innanfor restaurant- og matfaget i Frankrike. Til samanlikning var det seks slike lærlingar i skoleåret 2011–12.

Grunna at Frankrike innførte ei reform for yrkesfagleg vidaregåande utdanning, vart norske og franske styresmakter einige om å fryse inntaket av lærlingar i skoleåret 2011–12. Ordninga vart teke opp igjen frå skoleåret 2012–13.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering av drifta av internatet ved Krokeide vidaregåande skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen. Skolen er eigd av Landsforeningen for hjerte- og lungesyke og tilbyr ein kombinasjon av yrkesretta opplæring og eit internt fysikalsk, medisinsk og spesialpedagogisk støtteapparat. Skolen er eit landsdekkjande tilbod, han er godkjend for 200 elevar og har plass til om lag 80–90 elevar på internatet.

Rapport for 2012

I 2012 var det 88 elevar på internatet om våren og 90 elevar om hausten.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Stiftinga av den første skolen i Wales i 1962 var inspirert av utfordringar knytte til den kalde krigen. Det eksisterer i alt tolv UWC-skolar, og Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC) er ein av desse. Skolen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering av RKNUWC, slik at dei nordiske landa kan halde fram med å ha ein UWC-skole plassert i Noreg. I ei stadig meir globalisert verd er det viktig å leggje til rette for auka forståing mellom folk frå ulike land.

Rapport for 2012

I skoleåret 2012–13 hadde RKNUWC 196 elevar frå 96 land. 29 pst. av elevane kom frå nordiske land, fire pst. frå Nord-Amerika, ni pst. frå Vest-Europa, 14 pst. frå Afrika, 18 pst. frå Asia, elleve pst. frå Aust- og Sentral-Europa, fire pst. frå Midt-Austen og elleve pst. frå Latin-Amerika. Elevtalet og fordelinga mellom kva regionar elevane kjem frå, har vore relativt stabilt i dei siste åra.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 73 Tilskott til opplæring i Kenya

Misjonærskolen i Kenya driv desentralisert undervisning for barneskoleelevar og har ei samarbeidsordning med internasjonale skolar for ungdomsskoleelevar.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at misjonærbarn frå Noreg i Kenya kan få god undervisning lokalt i staden for å måtte bu på skoleinternat langt frå foreldra. Misjonærskolane er eigde av Norsk Luthersk Misjonssamband.

Rapport for 2012

I skoleåret 2012–13 fekk fire elevar på barnetrinnet og to elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Kenya. I skoleåret 2011–12 var det éin elev på barnetrinnet og fire elevar på ungdomstrinnet som fekk undervisning lokalt i Kenya.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 74 Tilskott til Signo og Briskeby

Ordninga vart oppretta i 2012 i samband med at Signo grunn- og videregående skole (Signo) og Briskeby videregående skole (Briskeby) vart godkjende som private skolar for funksjonshemma elevar. Dei var tidlegare ein del av det statlege pedagogiske støttesystemet (Statped) og fekk driftstilskott over kap. 230 post 01. Skolane får i tillegg til tilskottet over denne posten eit elevtalsavhengig tilskott etter privatskolelova over kap. 228 post 75.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Signo og Briskeby skal kunne gi eit tilbod av høg kvalitet til målgruppene sine. Målgruppene til Signo er døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar, mens målgruppa til Briskeby er høyrselshemma elevar.

Budsjettforslag for 2014

Briskeby videregående skole og Signo grunn- og videregående skole vart frå hausten 2012 godkjende som private skolar for funksjonshemma elevar. I samband med dette vart det flytta midlar frå kap. 230 post 01 til kap. 227 post 74 for å kunne føre vidare tilskottet på same nivå som tidlegare. I tillegg til dei midlane som vart flytte i budsjettet for 2013, fekk Signo grunn- og vidaregåande skole tidlegare dekt sju heimreiser i året for elevane ved skolen. Det utgjorde samla om lag 300 000 kroner i året. På bakgrunn av dei særlege utfordringane elevane ved skolen har, foreslår departementet at skolen kan fortsette å dekkje eit tal heimreiser, og at løyvinga på posten blir auka med 300 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 230 post 01.

Departementet foreslår å flytte om lag 5,1 mill. kroner frå kap. 227 post 74 til kap. 230 post 01 til kompetansesenterdrift ved Signo og Briskeby, jf. omtale under kap. 230 post 01.

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 2 mill. kroner, som går til Briskeby videregående skole for å dekkje ekstra kostnader skolen har fått etter overgangen til privatskolelova. Briskeby kan også dekkje eventuelle kostnader til heimreiser for elevane med tilskottet over denne posten.

Departementet foreslår ei samla løyving på 38,6 mill. kroner i 2014.

Post 75 Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

Departementet foreslår å opprette ei ny tilskottsordning for å medverke til vidareføring av det heilskaplege opplæringstilbodet ved rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Fossumkollektivet i Hedmark og Fossumkollektivet i Østfold. Tilskottet skal dekkje kostnader til opplæring som ligg utanfor ramma av opplæringslova, og som ikkje er ansvaret til fylkeskommunane.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at bebuarar på rusbehandlingsinstitusjonane får eit heilskapleg opplæringstilbod.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner til rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Fossumkollektivet i Hedmark og Fossumkollektivet i Østfold. Det er ein føresetnad for tildeling av tilskott at institusjonane har avtale med eit regionalt helseføretak.

Kap. 228 Tilskott til private skolar o.a.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Private grunnskolar, overslagsløyving

1 345 278

1 397 510

1 606 363

71

Private vidaregåande skolar, overslagsløyving

1 239 511

1 299 125

1 410 920

72

Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

153 006

133 667

148 666

73

Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

96 724

97 338

111 713

74

Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

22 510

23 619

25 858

75

Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

193 953

207 412

224 305

76

Andre private skolar, overslagsløyving

41 698

43 457

45 272

77

Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

11 266

12 137

12 688

78

Kompletterande undervisning

38 826

41 894

43 360

79

Toppidrett

26 357

27 228

34 184

80

Privatskoleorganisasjonar

647

668

691

81

Elevutveksling til utlandet

1 665

1 720

1 780

Sum kap. 0228

3 171 441

3 285 775

3 665 800

Innleiing

Lov av 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskott (privatskolelova) skal medverke til at det kan bli oppretta og drive private skolar i Noreg, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. menneskerettsloven § 2 nr. 2. Lova gjeld godkjenning med rett til statstilskott for private grunnskolar og private vidaregåande skolar, og vilkår for å få slikt tilskott. Lova stiller mellom anna krav til kvaliteten på opplæringa.

Løyvinga på kap. 228 går til tilskottsordningar til private skolar som er godkjende etter privatskolelova eller vaksenopplæringslova. I tillegg blir det gitt tilskott til kompletterande undervisning, jf. privatskolelova § 6-4. I tillegg til tilskott som blir gitte i samsvar med privatskolelova og vaksenopplæringslova, blir det over kapitlet gitt tilskott til Den tyske skolen i Oslo, toppidrett, privatskoleorganisasjonar og til elevutveksling i utlandet.

Satsane for tilskott til dei fleste private skolane byggjer på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. privatskolelova kap. 6. Satsane for 2014 er rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk til skole i 2012, rapportert gjennom KOSTRA. Tilskottsgrunnlaget er korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal med i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene blir påførte kommunesektoren og ikkje dei private skolane. Satsane er justerte for ein venta pris- og lønnsauke fram til og med 2014. Nærmare informasjon om utrekningsmåten ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.

I 2010 vart det gjort endringar i regelverket for ordninga med kompensasjon for utgifter til renter til investeringar i skole- og symjeanlegg, slik at kommunar og fylkeskommunar innanfor dei tildelte rammene kan søkje om rentekompensasjon til vedlikehald av skolebygg på vegner av private skolar med rett til statstilskott.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordningane er å oppfylle dei finansielle pliktene staten har overfor private skolar som er godkjende etter privatskolelova. Private skolar som er godkjende etter § 2-1 i privatskolelova og § 17 i kap. 4 i vaksenopplæringslova, har rett til tilskott og til å drive verksemd etter føresegnene i lova.

Rapport for 2012

Tabellen under viser korleis talet på elevar og private skolar som får tilskott, har endra seg frå skoleåret 2010–11 til skoleåret 2012–13. For grunnskolen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skole gjeld gjennomsnittet av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.4 Private skolar, tal på skolar og elevar

Skoletype

Skolar

Elevar

2010–11

2011–12

2012–13

2010–11

2011–12

2012–13

Skolar for funksjonshemma elevar

10

10

12

542

543

639

Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova

35

31

31

2 211

1 655

1 381

Andre private skolar

2

2

2

180

180

180

Vidaregåande skolar

75

75

74

12 155

12 378

12 682

Grunnskolar

151

157

171

14 751

15 008

15 996

Grunnskolar i utlandet

15

14

13

778

799

847

Vidaregåande skolar i utlandet

5

6

5

203

206

213

Sum

293

295

308

30 820

30 769

31 938

Hausten 2012 gjekk 2,6 pst. av grunnskoleelevane i private skolar i Noreg. Denne delen var på 2,4 pst. hausten 2011. Hausten 2012 gjekk 6,9 pst. av elevane på vidaregåande nivå i private skolar. Hausten 2011 var talet til samanlikning 7,9 pst.

For omtale av Utdanningsdirektoratets tilsyn med private skolar, sjå omtale under kap. 220.

Post 70 Private grunnskolar, overslagsløyving

Private grunnskolar som er godkjende etter privatskolelova, får tilskott tilsvarande 85 pst. av tilskottssatsen. Posten omfattar tilskott til gratis frukt og grønt for elevar ved private grunnskolar med ungdomstrinn og kombinerte skolar med barne- og ungdomstrinn. Posten omfattar også tilskott til éin kulturskoletime på 1.–4. trinn og frå hausten 2014 valfag på 10. trinn.

Budsjettforslag for 2014

På bakgrunn av oppdaterte elevtal, nye satsar, innføring av valfag på 10. trinn hausten 2014 og heilårsverknad av éin kulturskoletime og valfag på 9. trinn som vart innført hausten 2013, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 209 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2013.

Post 71 Private vidaregåande skolar, overslagsløyving

Private vidaregåande skolar som er godkjende etter privatskolelova, får tilskott tilsvarande 85 pst. av tilskottssatsen.

Budsjettforslag for 2014

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 108,4 mill. kroner. Løyvinga på denne posten har over fleire år inkludert eit ekstra tilskott til Kongshaug Musikkgymnas. Av omsyn til lik handsaming av skolar foreslo departementet å avvikle dette ekstra tilskottet i budsjettet for 2013. I samband med Stortingets handsaming av budsjettet for 2013 og revidert nasjonalbudsjett 2013 vart tilskottet likevel ført vidare. På bakgrunn av dette foreslår departementet å løyve 3,4 mill. kroner til ekstra tilskott til Kongshaug Musikkgymnas over denne posten. Departementet foreslår ein samla auke av løyvinga på posten på om lag 111,8 mill. kroner.

Post 72 Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

Vaksenopplæringslova slår fast at satsane for tilskott til desse skolane skal reknast ut frå tilskottsgrunnlaget, som tilsvarer kostnader per elev i offentleg skole. Satsane til desse skolane er knytte til tre av satsane for private vidaregåande skolar. Unntak frå dette er Norsk Yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, og musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova får 75 pst. av tilskottssatsane.

Budsjettforslag for 2014

I tråd med omtale i Innst. 470 S (2012–2013) og Prop. 149 S (2012–2013) får NISS Høyskole AS tilskott til nye kull hausten 2013 over kap. 228 post 72. Departementet foreslår at tilskottet knytt til desse kulla får tilskott over kap. 228 post 72 ut skoleåret 2013–14. Departementet kjem tilbake til Stortinget med forslag om å flytte tilskottet knytt til desse kulla til kap. 260 post 70. På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 15 mill. kroner.

Post 73 Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

Skolane får tilskott etter same grunnlag som private grunnskolar i Noreg, men satsen blir høgre da desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar tilskott til gratis frukt og grønt for elevar ved private grunnskolar med ungdomstrinn og kombinerte skolar med barne- og ungdomstrinn. Posten omfattar også tilskott til éin kulturskoletime på 1.–4. trinn og frå hausten 2014 valfag på 10. trinn, samt avrekning mellom Noreg og Sverige for svenske elevar i norske skolar i utlandet og norske elevar ved svenske private grunnskolar i utlandet.

Budsjettforslag for 2014

På bakgrunn av oppdaterte elevtal, nye satsar, innføring av valfag på 10. trinn hausten 2014 og heilårsverknad av éin kulturskoletime og valfag på 9. trinn som vart innført hausten 2013, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 14,4 mill. kroner.

Post 74 Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

Skolane får tilskott etter same grunnlag som private vidaregåande skolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift.

Budsjettforslag for 2014

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 2,2 mill. kroner.

Post 75 Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar blir driftsutgifter dekte 100 pst. ved statstilskott etter ein normalsats per elev, jf. privatskolelova § 6-1 fjerde ledd. Skolane får i tillegg statstilskott til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Budsjettforslag for 2014

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 16,9 mill. kroner.

Post 76 Andre private skolar, overslagsløyving

Posten omfattar tilskott til Sørlandet Seilende Skoleskibs Institution (MS Sjøkurs) og Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann). Skolane får tilskott per elev etter sats for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon. Skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. I tillegg får desse skolane eit fast tilskott som blir prisjustert kvart år.

Budsjettforslag for 2014

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 1,8 mill. kroner.

Post 77 Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

Gjeldande avtale mellom Noreg og Tyskland om Den tyske skolen i Oslo vart godkjend av Stortinget 19. november 2009, jf. Innst. 43 S (2009–2010) og St.prp. nr. 92 (2008–2009) Om samtykke til inngåelse av en avtale mellom Norge og Tyskland om omgjøring av Den tyske skolen i Oslo – Max Tau til en tysk-norsk bikulturell skole. Utdanningsdirektoratet godkjende hausten 2010 Den tyske skolen i samband med den nye avtalen. Tilskottet til Den tyske skolen i Oslo er regelstyrt. Tilskottet blir rekna ut på same måte som tilskottet til private skolar som er godkjende etter privatskolelova, men med 54,4 pst. av tilskottssatsen.

Rapport for 2012

Hausten 2012 var det 223 elevar ved Den tyske skolen i Oslo, 144 elevar på barnetrinnet, 60 elevar på ungdomstrinnet og 19 elevar på studiespesialiserande utdanningsprogram på vidaregåande nivå. Dette er tre elevar færre enn hausten 2011, da fordelinga var 139 elevar på barnetrinnet, 56 elevar på ungdomstrinnet og 31 elevar på studiespesialiserande utdanningsprogram på vidaregåande nivå.

Budsjettforslag for 2014

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 0,6 mill. kroner.

Post 78 Kompletterande undervisning

Tilskottsordninga medverkar til finansiering av kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og religion, livssyn og etikk (RLE) for elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar.

Tilskottsordninga vart lagt om frå og med skoleåret 2010–11 slik at berre godkjende norske private grunnskolar i utlandet, svenske skolar i utlandet, nettskolar og internasjonale eller utanlandske grunnskolar i Noreg kan få tilskott. Bakgrunnen for omlegginga var ei evaluering av ordninga i 2006 som konkluderte med at det var vanskeleg å dokumentere at elevar som får opplæring av foreldre eller i gruppeundervisning, får opplæring av tilfredsstillande kvalitet, og at midlane blir brukte etter intensjonen. Vi viser til Innst. S. nr. 355 (2008–2009), St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 og Innst. 12 S (2009–2010), Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet.

Rapport for 2012

I samband med omlegginga av tilskottsordninga vart det innført ei overgangsordning for foreldre og gruppeundervisning. Tilskottet til slik undervisning vart redusert med ein tredel kvart skoleår i tre år frå og med hausten 2010, slik at tilskott til foreldre og gruppeundervisning vart heilt avvikla frå og med skoleåret 2012–13.

Kunnskapsdepartementet la til grunn at fleire elevar ville velje nettskole når tilskottet til foreldre- og gruppeundervisning vart redusert. Søknads- og elevtala for dei siste skoleåra stadfester at endringa har ført til auka oppslutning om undervisningstilbodet ved nettskolane, sjå tabell under.

Tabell 4.5 Tilskott til kompletterande undervisning – elevtal hausten 2011 og 2012

Elevtal

2011

2012

Nettskolar

1 523

1 952

Internasjonale grunnskolar i Noreg

1 098

1 399

Svenske grunnskolar i utlandet

75

75

Undervisning gitt av foreldre eller i organiserte grupper

442

Totalt

3 138

3 426

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Som det går fram av desse elevtala, var det frå hausten 2011 til hausten 2012 samla sett ein auke på 288 elevar, eller om lag ni pst., i talet på elevar som tok del i tilskottsbasert kompletterande undervisning. Elevtalsveksten skjer særleg innanfor nettundervisning, men også ved dei internasjonale grunnskolane i Noreg.

Tilskottordninga vart gjort om til ei rammestyrt ordning frå og med 2013, jf. Innst. 12 S (2012–2013), Prop. 1 S (2012–2013) for Kunnskapsdepartementet. For å sikre at tilskottet blir halde innanfor gjeldande budsjettramme, har departementet endra retningslinjene for ordninga slik at tilskottet kan avkortast høvesvis for den einskilde tilskottsmottakaren dersom det samla timetalet det blir søkt om tilskott for, overstig løyvinga på posten. I tillegg har departementet fastsett endringar i berekningsreglane for nettskolane slik at dei får noko mindre utbetalt i tilskott per elev enn tidlegare.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 79 Toppidrett

Ordninga gjeld skolar som i tillegg til godkjenninga etter privatskolelova er godkjende som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Ordninga omfattar følgjande skolar: NTG i Bærum, Geilo, Kongsvinger, Lillehammer og Tromsø, Wang i Oslo, Fredrikstad, Stavanger og Tønsberg, Telemark toppidrettsgymnas og Haugesund toppidrettsgymnas. Det blir gitt eit fast tilskott til kvar av desse skolane. Det er ein føresetnad at skolane har elevar på tilbodet om særskild tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. I Innst. 470 S (2012-2013) frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, seier fleirtalet at «(…) antallet skoler som får toppidrettstilskudd nå er tilstrekkelig og at ordninga bør evalueres før det er aktuelt at flere skoler kommer inn under ordningen». Departementet har vært i kontakt med NIF som er einig i at det ikkje er ønskjeleg at fleire skolar kjem inn under tilskottsordninga med det første, fordi det er viktig å halde oppe kvaliteten i det eksisterande toppidrettstilbodet i både privat og offentleg regi. Departementet meiner at den noverande ordninga med kvalitetssikring gjennom NIF er føremålstenleg. Departementet vil i samarbeid med NIF evaluere tilskottsordninga. Nærmare informasjon om tilskott per skole ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.

Mål for 2014

Målet med tilskottet er å medverke til at dei skolane som er omfatta av ordninga, kan leggje betre til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Rapport for 2012

Hausten 2012 var det 1 859 elevar ved desse skolane. Til samanlikning var det 1 810 elevar ved desse skolane hausten 2011.

Budsjettforslag for 2014

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 vart ordninga utvida med to skolar, Haugesund toppidrettsgymnas og Wang toppidrett Tønsberg. Departementet foreslår å løyve midlar til heilårsverknaden av innlemminga av desse skolane i budsjettet for 2014. På den bakgrunnen foreslår departementet at løyvinga på posten blir auka med om lag 6 mill. kroner.

Post 80 Privatskoleorganisasjonar

Tilskott blir gitt til privatskoleorganisasjonar som har private skolar med rett til statstilskott som medlemmer.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at privatskoleorganisasjonane kan drive med samordningsoppgåver for medlemsskolane sine.

Rapport for 2012

I 2012 fekk fem privatskoleorganisasjonar tilskott ut frå at dei til saman hadde 236 godkjende medlemsskolar.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Statstilskott etter privatskolelova kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Denne tilskottsordninga gjeld for utveksling til utlandet for elevar i private vidaregåande skolar med rett til statstilskott. Skolane kan søkje om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskottet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske private vidaregåande skolar med rett til statstilskott og utanlandske skolar. Følgjande private vidaregåande skolar er godkjende for å kunne bli tildelte slikt tilskott: Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at skolane som er omfatta av ordninga, kan tilby elevutveksling i utlandet.

Rapport for 2012

I 2012 fekk kvar av skolane eit basistilskott på 100 000 kroner. Resten av tilskottsmidlane vart fordelte etter talet på elevar innanfor ordninga. Skolane har søkt om tilskott for totalt 80 elevar for skoleåret 2012–13. Til samanlikning fekk skolane tilskott til 74 elevar i skoleåret 2011–12.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Kap. 229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

26 889

22 458

22 778

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 846

1 070

1 096

Sum kap. 0229

28 735

23 528

23 874

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på postane går til drift av Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar.

Fagskolen har elevar og studentar fordelte på tre hovudretningar: blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege utdanningsprogram. Vea er NOKUT-godkjend tilbydar innanfor fagområdet grøne design- og miljøfag og har i dag seks ulike fagskoletilbod innanfor fagområdet.

Skolen skal framleis gi tilbod på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3229 post 61. I tillegg gir skolen tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.

Mål for 2014

Målet til Vea er å utdanne kompetente yrkesutøvarar som bransjen og næringa treng på grøne fagområde. I 2014 skal Vea halde fram med arbeidet med å utvikle ei fagskoleutdanning med god kvalitet, auke talet på studentar gjennom fleksible og tilpassa studieopplegg, heve kompetansen hos tilsette og utvikle fagleg samarbeid med nasjonale og internasjonale miljø.

Rapport for 2012

Per 31. oktober 2012 hadde Vea samla 156 elevar og studentar som tok utdanning på heiltid og deltid. Det er ein auke i talet på elevar og studentar med 33 samanlikna med året før. Tendensen framover tyder på ein stadig auke i samlingsbaserte studium på deltid, noko som indikerer at deltidsstudium, som gir auka fleksibilitet og er tydelegare relevant for bransjen, gir fleire studentar.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvingane på postane under kap. 229 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3229 postane 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

02

Salsinntekter o.a.

4 691

1 582

1 637

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

25

18

Refusjon av sjukepengar

1 242

61

Refusjon frå fylkeskommunar

1 424

1 035

1 069

Sum kap. 3229

7 382

2 617

2 706

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved skolen. Departementet foreslår at løyvingane på postane under kap. 3229 blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

668 351

622 509

623 407

21

Særskilde driftsutgifter

70 172

56 435

58 410

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

8 378

8 203

8 400

Sum kap. 0230

746 901

687 147

690 217

Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped) er ei verksemd underlagd Utdanningsdirektoratet og er statens verkemiddel for å støtte kommunar og fylkeskommunar i deira arbeid med å nå sektormåla og realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa; særleg for barn, unge og vaksne med særskilde behov.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga gjeld drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige. I tillegg blir det over post 01 gitt midlar til

  • drift av Utdanningsdirektoratets råd for likeverdig utdanning

  • prosjektretta støtte til organisasjonar for funksjonshemma. Desse midlane blir tildelte etter søknad og gitte kriterium. Midlane for 2014 skal kunngjerast med offentleg utlysing

  • utgifter til nasjonal koordinator i Utdanningsdirektoratet for European Agency for Development in Special Needs Education (frå 1. januar 2014 skiftar organisasjonen namn til The European Agency for Special Needs and Inclusive Education), internasjonalt samarbeid m.m.

Mål for 2014

Statped skal arbeide etter følgjande mål i 2014:

Statped skal vere ein tydeleg og tilgjengeleg ytar av spesialpedagogiske tenester til kommunar og fylkeskommunar på både individ- og systemnivå. Alle kommunar og fylkeskommunar skal få likeverdig tilgang til tenester frå Statped. Statped skal vidareutvikle fleirfaglege arbeidsmåtar som sikrar tilgang på rett kompetanse til rett tid.

Statped skal vidareutvikle spisskompetanse innanfor spesialpedagogiske fagområde og vere ein bidragsytar til kunnskaps- og kompetansespreiing på desse områda. Statped skal vidareutvikle rolla som ein sentral formidlar av aktuelle læringsressursar og teknologiske verkemiddel til bruk på opplæringsfeltet.

Statped skal utvikle ein heilskapleg FoU-strategi på det spesialpedagogiske området og skal samarbeide med universitet og høgskolar i dette arbeidet.

I 2014 vil arbeidet med omorganiseringa av Statped halde fram. Omorganiseringa av Statped skal føre til at Statped blir ein meir einskapleg organisasjon som gir likeverdige tenester i heile landet, og som bruker kompetansen i organisasjonen på ein betre måte både i tenesteytinga og i kunnskapsutviklinga. Eit viktig arbeid blir å vidareutvikle samarbeidet med kommunar og fylkeskommunar og gjere fordelinga av ansvar og oppgåver tydelegare samt avklare kompetansebehov og kva type tenester kommunane og fylkeskommunane har behov for. Det er òg viktig at Statped sørgjer for god informasjon til brukarar og samarbeidspartar om utviklinga av den faglege verkemda og om dei tenestene verksemda kan gi.

I 2014 skal Statped vidareutvikle programmet Vi sprenger grenser. Dette programmet har som mål å betre opplæringa for barn, unge og vaksne med utviklingshemming og store samansette lærevanskar. Dette året skal Statped òg gjennomføre avviklinga av heiltidsopplæring ved dei statlege høyrselsskolane, samtidig som deltidsopplæringa skal styrkjast. Det er eit mål at omfanget av deltidsopplæringa per elev skal auke.

Rapport for 2012

Statped har i 2012 i hovudsak arbeidd for å halde oppe tenestene på same nivå som tidlegare, samstundes med at verksemda gjennomgår ei stor omstilling. Omstillinga er ei oppfølging av Stortingets handsaming av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap. I 2012 har tilsette i Statped delteke aktivt i arbeidet med omstillinga. Arbeidet har vore organisert som eit prosjekt leidd av Utdanningsdirektoratet. Prosjektet vart gjennomført som planlagt. 1. januar 2013 vart Statped etablert som éi verksemd med ei sentral leiing og fire fleirfaglege regionsenter. Det er halde oppe eit avdelingskontor i Kristiansand, og samisk spesialpedagogisk støtte er sikra gjennom SEAD, ei landsdekkjande teneste i Statped Nord.

Tenesteyting

Tabellen nedanfor viser utviklinga av fordelinga av dei om lag 840 årsverka i Statped frå 2010 til 2012. Det har vore ulik bruk av Statpeds tenester, både geografisk og ut frå storleiken på kommunane. Små og mellomstore kommunar har nytta Statped etter måten meir enn store (by)kommunar. Ei forklaring på dette er at dei største kommunane sjølve har brei kompetanse i si eiga PP-teneste. Frå 2008 har det systematisk vorte samla inn dokumentasjon for verksemda til Statped som ein heilskap ut frå årsrapportane til dei sjølvstendige kompetansesentra. Tenesteproduksjonen i Statped har hatt om lag same profil i 2012 som året før. Det har vore ein viss reduksjon i kurs, kunnskaps- og informasjonsspreiinga. Det skuldast delvis at ressursar i staden har gått til omstillingsarbeidet, og delvis ein normal variasjon som òg heng saman med ein auke innanfor FoU-arbeid og kompetanseutvikling. Elles har tenesteproduksjonen vore som normalt.

Tabell 4.6 Ressursinnsatsen frå Statped på dei ulike typane tenester (i pst.)

2010

2011

2012

Opplæring heiltid (over 12 veker) og deltid (under 12 veker)

20

20

20

Bu- og fritidstilbod

7

7

7

Utgreiingar

13

12

11

Rådgiving, konsultasjon

19

16

18

Kurs og kunnskaps-/informasjonsspreiing

27

32

20

FoU/kompetanseutvikling

6

5

16

Læremiddelarbeid/-produksjon

6

6

6

Anna

2

2

2

Sum

100

100

100

Kjelde: Utdanningsdirektoratet; Årsrapport Statped 2012

I handsaminga av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap vart det bestemt at Statpeds skolar for høyrselshemma i Bergen, Oslo og Holmestrand skal avviklast etter skoleåret 2013–14. Den statlege skolen for høyrselshemma i Trondheim og den statlege skolen for døvblinde i Oslo skal førast vidare. Utdanningsdirektoratet har i 2012 arbeidd saman med dei berørte kommunane for få til gode løysingar og smidige overgangar når den statlege heiltidsopplæringa blir avslutta. I Holmestrand tok kommunen over all heiltidsopplæring for høyrselshemma elevar alt frå skoleåret 2011–12. Direktoratet har gitt Statped i oppdrag å utvikle og implementere ein ny modell for tilbodet om deltidsopplæring i og på teiknspråk etter opplæringslova § 2-6. Tilbodet skal implementerast frå 1. august 2014.

Tabellen nedanfor viser at 43 elevar fekk opplæring på heiltid ved dei statlege grunnskolane hausten 2012. Talet på heiltidselevar har vore stabilt sidan hausten 2011. Ved skolestart hausten 2013 er det 49 heiltidselevar på desse skolane. Av desse går 25 elevar på dei skolane som skal førast vidare som statlege skolar. Dei fleste høyrselshemma elevane får opplæringstilbod i bustadkommunen/heimefylket. Nokre av desse får opplæring på deltid ved dei statlege skolane, samtidig som dei er elevar ved kommunale eller fylkeskommunale skolar. I 2012 var det 167 elevar som fekk eit slikt tilbod på deltid. Gjennomsnittleg tal på kor mange veker kvar elev fekk deltidsopplæring, varierer mellom skolane. Ved Skådalen i Oslo var det 4,5 veker, ved Hunstad i Bergen var det 5,4 veker, ved Nedre Gausen i Holmestrand var det 2,6 veker, og ved AC Møller i Trondheim var det 3,3 veker.

Tabell 4.7 Heiltidselevar, deltidselevar og internatelevar i grunnskole og vidaregåande opplæring ved dei statlege skolane for høyrselshemma 2009–12

Haust 2010

Haust 2011

Haust 2012

Heiltidselevar grunnskolealder

76

40

43

Heiltidselevar vidaregåande opplæring

58

57

58

Sum heiltidselevar

134

97

101

Deltidselevar grunnskolealder

195

173

167

Deltidselevar vidaregåande opplæring

9

34

9

Sum deltidselevar

204

207

176

Internatelevar heiltid

24

18

23

Kjelde: Utdanningsdirektoratet; Årsrapport Statped 2012

Kompetanseutvikling og -spreiing

Statped har formidla kunnskap til kommunar og fylkeskommunar, inkludert PP-tenesta, barnehagar, skolar, vaksenopplæring og til einskilde lærarar og førskolelærarar. Arbeidsforma har vore rettleiing, skolering, kurstiltak, rettleiingsmateriell og læremiddelarbeid med vidare. Kompetanseutvikling har ofte skjedd i samarbeid med universitet, høgskolar og andre forskingsmiljø.

Statped har fullført ei rekkje prosjekt og oppdrag knytte til kunnskapsspreiing, mellom anna ein rettleiar om syn og rettleiaren En god barnehage og skole for alle. Statped har arbeidd med utvikling av læringsressursar og visuelt materiell, til dømes visuell tilrettelegging av bøker, opplæringsfilm, diagnostiserings- og kartleggingsverktøy og nettstader med presentasjonar og rettleiingar innanfor spesifikke tema.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 577 i samband med handsaminga av Innst. 432 S (2012–2013), jf. Meld. St. 20 (2012–2013):

«Stortinget ber regjeringen opprette et nasjonalt tilbud om etter- og videreutdanning for PP-tjenesten.»

Utdanningsdirektoratet har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utvikla ein strategi for etter- og vidareutdanning for PP-tenesta (PPT). Formålet med Strategi for etter- og videreutdanning i PPT 2013–2018 er å styrkje kompetansen til dei tilsette og bidra til å auke merksemda på systemretta arbeid. Målgruppa for satsinga er tilsette og leiarar i PP-tjenesta. Prioriterte område for 2013–18 er: organisasjonsutvikling/ endringsarbeid, læringsmiljø og gruppeleiing, rettleiing og rådgjeving, samt leiarutdanning.

Utdanningsdirektoratet har med fullmaktsbrev våren 2013 gitt fylkesmennene i oppdrag å fordele midlar til gjennomføring av etterutdanning på prioriterte område frå hausten 2013. For 2013 er det sett av om lag 5,1 mill. kroner til gjennomføring av etterutdanningstiltak. Når det gjeld tilbod om vidareutdanning, vil desse bli utvikla hausten 2013, og det vil være mogleg for ansette i PP-tjenesta å søkje om å delta på tilboda frå 1. februar 2014.

Budsjettforslag for 2014

Kunnskapsedepartementet foreslår ei samla løyving på om lag 690 mill. kroner over kap. 230 postane 01, 21 og 45.

Departementet foreslår å flytte om lag 11,7 mill. kroner frå kap. 230 post 01 til kap. 226 post 50 til drift av Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning, sjå omtale under kap. 226 post 50. Vidare foreslår departementet å flytte om lag 5,1 mill. kroner frå kap. 227 post 74 til kap. 230 post 01 til kompetansesenterdrift ved Signo og Briskeby. Dette er ei oppfølging av justeringar som vart gjorde i Innst. 111 S (2012–2013), jf. Prop. 37 S (2012–2013) og Innst. 470 S (2012–2013), jf. Prop. 149 S (2012–2013). Departementet foreslår vidare å flytte 300 000 kroner frå kap. 230 post 01 til kap. 227 post 74 som skal dekkje eit tal heimreiser for elevane ved Signo grunn- og vidaregåande skole, jf. omtale under kap. 227 post 74.

Frå skoleåret 2014-15 blir skoledrifta ved Hunstad skole overført frå Statped til Bergen kommune etter avtale mellom Kunnskapsdepartementet og Bergen kommune. Etter avtalen skal det overførast sju tilsette frå Statped til Bergen kommune. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 230 post 01 med 1,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 571 post 60 under budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet for å dekkje lønnskostnader til dei sju tilsette som blir overført.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Inntekter frå oppdrag

70 151

56 435

58 410

02

Salsinntekter o.a.

18 275

14 146

14 641

Sum kap. 3230

88 426

70 581

73 051

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m. Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå hjelpemiddeltilpassing og inntekter frå kurs.

Departementet foreslår å føre løyvingane på postane vidare på same nivå som i 2013.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

231

Barnehagar

341 846

331 316

364 132

9,9

Sum kategori 07.30

341 846

331 316

364 132

9,9

Innleiing

Regjeringa vil at barnehagetilbodet skal vere av høg kvalitet og tilgjengeleg for alle, og at det gjennom tidleg innsats medverkar til sosial utjamning og livslang læring.

Hovudmåla til regjeringa på barnehagefeltet i 2014 er at retten til barnehageplass blir innfridd, at det er likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, at alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg, leik, læring og danning, at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap, og at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage.

Barnehagesektoren har gått gjennom store endringar i dei siste åra. Frå 2005 til 2013 er løyvinga til barnehageformål auka reelt med om lag 17 mrd. kroner. Rett til plass i barnehage vart innført i 2009, noko som har gjort kvardagen betre for småbarnsfamiliane. Det store krafttaket for utbygging av barnehageplassar har sikra full dekning samtidig som delen tilsette med barnefagleg utdanning har auka. Den store prisreduksjonen for barnehageplass har ført til at fleire familiar med svak økonomi har fått råd til å ha barna i barnehagen. I åra framover er det satsing på betre kvalitet og tidleg innsats som skal få størst merksemd.

Regjeringa la våren 2013 fram Meld. St. 24 (2012–2013) Framtidens barnehage, og Stortinget har behandla meldinga, jf. Innst. 380 S (2012–2013). Forslaga som vart fremde i meldinga, vart støtta av fleirtalet. Meldinga gir ei tydeleg retning for barnehagepolitikken, for både kvalitet og innhald, kompetansen til personalet og styringa av sektoren. Samtidig presenterer meldinga eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for utviklinga av politikken i sektoren. Viktige tiltak i meldinga er innføring av ei norm for grunnbemanning i barnehagen og to barnehageopptak i året. I oppfølginga av meldinga skal departementet revidere både barnehagelova og rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.

I august 2013 la departementet fram kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020. Strategien omfattar alle relevante grupper av tilsette i barnehagen.

Til og med 2010 var barnehagane finansierte gjennom statlege tilskott løyvde over programkategori 07.30, frie midlar til kommunane og foreldrebetaling. Frå 2011 vart hovuddelen av dei statlege tilskotta til barnehagar innlemma i rammetilskottet til kommunane. Kommunen som barnehagemyndigheit har som følgje av denne endringa fått eit større ansvar for barnehagane. Enkelte tilskott og andre tildelingar blir framleis finansierte over programkategori 07.30. Dette gjeld tilskott til samiske barnehageformål, jf. kap. 231 post 50, tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63, og midlar til forsking, undersøkingar, utgreiingar, informasjonsarbeid og kvalitets- og kompetanseutvikling, jf. kap. 231 postane 21 og 51. Nærmare informasjon om ressursbruken i barnehagesektoren finst nedanfor i budsjettkap. 231 og i del III, kap. 7 Ressursar i barnehagen. Utdanningsdirektoratet gir i den årlege publikasjonen Utdanningsspeilet ei god oversikt over barnehageområdet, inkludert tal og analysar.

Hovudprioriteringar for 2014

Regjeringa vil i 2014 føre vidare satsinga på barnehagar. Totalt er det foreslått å auke løyvingane til barnehageformål med om lag 695,5 mill. kroner i 2014.

Regjeringa vil innføre to barnehageopptak i året gjennom ei gradvis opptrapping, jf. Meld. St. 24 (2012–2013). Gjennom gradvis opptrapping vil kommunane få tid til å planlegge nye plassar og rekruttere kompetent personale slik at kvaliteten på tilbodet er sikra. Departementet foreslår å starte opptrappinga gjennom å løyve om lag 241 mill. kroner i 2014 til nye barnehageplassar. Løyvinga gir rom for å etablere om lag 2 900 nye barnehageplassar, det vil seie ein tredel av dei plassane som må etablerast for å innføre to opptak. Kunnskapsdepartementet vil i samband med at statsbudsjettet for 2014 blir lagt fram, sende ut til høyring framlegg om endringar i barnehagelova § 12a om rett til plass i barnehage. I høyringsnotatet foreslår departementet å utvide den lovfesta retten til barnehageplass slik at barn som fyller eitt år i september eller oktober 2014, blir sikra barnehageplass.

Regjeringa vil sikre ikkje-kommunale barnehagar gode driftsvilkår i ein rammefinansiert sektor, og leggje til rette for å jamne ut forskjellane i lønns- og arbeidsvilkår mellom tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Frå 1. august 2013 auka minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 92 til 96 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. For å dekkje heilårseffekten av denne opptrappinga foreslår departementet å løyve 169,5 mill. kroner i budsjettet for 2014. Styrkinga legg til rette for å jamne ut forskjellane mellom kommunale og ikkje-kommunale barnehagar når det gjeld både talet på barn per vaksen og lønns- og arbeidsvilkår for dei tilsette.

Det er eit mål for regjeringa at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle familiar skal ha råd til barnehageplass. Departementet foreslår å fastsetje maksimalprisen til 2 360 kroner per månad frå 1. januar 2014, noko som er ein reell reduksjon i prisen på 45 kroner per månad. Regjeringa innfrir med dette målet i Soria Moria-erklæringa om ein maksimalpris på 1 750 kroner (2005-kroner) per månad. Departementet foreslår for 2014 ei samla løyving på om lag 245 mill. kroner til lågare pris i barnehagen. Løyvinga inkluderer heilårseffekten av nominell vidareføring av maksimalprisen i statsbudsjettet for 2013.

Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet. Regjeringa vil styrkje arbeidet med kompetanseheving og rekruttering i barnehagesektoren. Den heilskaplege kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020 skal medverke til dette. Mangelen på pedagogar og den låge formelle kompetansen til mange av assistentane i barnehagane krev auka satsing for å rekruttere fleire pedagogar og for å heve kompetansen til tilsette i barnehagen. Frå 2005 til 2013 har midlane til kompetanse- og rekrutteringstiltak auka frå 10 mill. kroner til 120 mill. kroner. Departementet vil styrkje satsinga på kompetanseheving i 2014, og foreslår å auke løyvinga med 40 mill. kroner.

Mål: Retten til barnehageplass blir innfridd

Stortinget innførte ein individuell rett til barnehageplass i 2009. Dette inneber at barn som har fylt eitt år innan 1. september, har rett til barnehageplass same året dersom foreldra har søkt om plass innan fristen for hovudopptaket. Retten skal oppfyllast innan utgangen av august det året det blir søkt om plass.

Tilstandsvurdering

Ved utgangen av 2012 gjekk om lag 286 150 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette svarer til ein dekningsgrad på 90,1 pst. for eitt- til femåringar. I sjuårsperioden frå utgangen av 2005 og fram til utgangen av 2012 har om lag 62 650 fleire barn fått plass i barnehage, og kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 79 100 nye heiltidsplassar. Noko av kapasitetsauken i barnehagane i dei siste åra har gått med til å auke opphaldstida til barn som allereie hadde deltidsplass i barnehage. Talet på nye heiltids barnehageplassar er derfor større enn talet på nye barn i barnehagen. Delen barn i barnehage har auka for alle aldersgrupper dei siste åra, jf. figur 4.11.

Figur 4.11 Delen barn i barnehage etter alder i 2002 og 2012

Figur 4.11 Delen barn i barnehage etter alder i 2002 og 2012

Kjelde: SSB

Talet på små barn i barnehage har auka sterkt frå 2005 til 2012. Dekningsgraden for eitt- til toåringar har auka frå 54,1 pst. i 2005 til 80,2 pst. i 2012. Omlegginga av kontantstøtteordninga i 2012, med auka satsar for eittåringar, medverka til ein nedgang i talet på eittåringer i barnehage frå 2011 til 2012. Delen toåringar i barnehage auka med 2,5 prosentpoeng frå 2011 til 2012. Auken må sjåast i samanheng med at kontantstøtta vart fjerna for desse barna frå 1. august 2012. Dekningsgraden for tre- til femåringar har auka frå 90,5 pst. i 2005 til 96,7 pst. i 2012. Dekningsgraden for femåringane er på 97,6 pst. i 2012. Sjå kap. 7 i del III for nærmare omtale av ressursar i barnehagesektoren.

Rapportering frå Fylkesmannen viser at for hausten 2013 har så godt som alle barn med rett til plass fått tilbod om barnehageplass innan utgangen av august. Innan midten av september hadde alle fått plass.

Om lag 9 800 barn som fylte eitt år etter 31. august gjekk i barnehage ved utgangen av 2012. Dette er ein nedgang frå 11 200 barn i 2011. Det er ei utfordring at barn utan rett til plass kan få lang ventetid før dei får barnehageplass. Problemstillinga er behandla i Meld. St. 24 (2012–2013).

Strategiar og tiltak

Fylkesmannen skal halde fram med å følgje opp korleis kommunane oppfyller retten til plass. Den individuelle retten er ei minimumsplikt for kommunane. Regjeringa legg til grunn at kommunane følgjer med på endringar i fødselstal, til- og fråflytting og andre faktorar som påverkar dimensjoneringa av barnehagetilbodet. Fleire kommunar har fleire opptak i året eller laupande opptak, noko regjeringa synest er positivt.

I Meld. St. 24 (2012–2013) foreslår regjeringa på sikt å innføre krav om to barnehageopptak i året. Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 241 mill. kroner i 2014 for at barn som fyller eitt år etter 31. august, kan få kortare ventetid for ein barnehageplass. Løyvinga vil gi rom for å etablere om lag 2 900 nye barnehageplassar, det vil seie ein tredel av dei plassane som må etablerast for å innføre to opptak.

Kunnskapsdepartementet vil i samband med at statsbudsjettet for 2014 blir lagt fram, sende ut til høyring framlegg om endringar i barnehagelova § 12a om rett til plass i barnehage. I høyringsnotatet foreslår departementet å utvide den lovfesta retten til barnehageplass slik at barn som fyller eitt år i september eller oktober 2014, blir sikra barnehageplass.

Mål: Likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar

Regjeringa vil sikre eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet for alle barn. Barnehagen er eit pedagogisk tilbod der mange faktorar medverkar til kvaliteten, og to av dei viktigaste indikatorane på god kvalitet er kompetansen til personalet og talet på tilsette i høve til talet på barn. Dette er omtalt under målet om barnehagen som ein god arena for omsorg og leik, læring og danning.

Tilstandsvurdering

Den norske barnehagemodellen får positiv internasjonal merksemd for si heilskapelege tilnærming til og vektlegging av barndommens eigenverdi kombinert med eit heilskapeleg læringssyn der barnehagen legg det første grunnlaget for livslang læring.

Kunnskap om barnehagen

Omfanget på barnehageforskinga har hatt ein stor auke i dei seinare åra. Meld. St. 24 (2012–2013) gir ein grundig omtale av både nasjonale og internasjonale forskingsresultat og anna kunnskap om barnehagen. Forsking viser at gode barnehagar virker positivt inn på den språklege og kognitive utviklinga hos barna, særleg hos barn frå vanskelegstilte familiar. Resultata er noko meir varierte når det gjeld kjenslemessig og sosial utvikling hos barnehagebarn.

Kvaliteten på den daglege verksemda i barnehagen – prosesskvaliteten – er avgjerande for trivselen og utviklinga til barnehagebarna. Det er særleg kvaliteten på relasjonane og samhandlinga mellom dei vaksne og barna og mellom barna som er viktig. Stor gjennomtrekk av tilsette hindrar etablering av gode, stabile relasjonar mellom barn og vaksne. Rammene for barnehagedrifta – strukturkvaliteten – er med på å leggje til rette for prosesskvaliteten. Dette omfattar mellom anna storleiken på barnegruppene, talet på barn per vaksen og kva slags kompetanse dei tilsette har. Det er store variasjonar i barnehagesektoren i Noreg når det gjeld eigarskap, storleik, samansetjing av barnegrupper, og organisering og personale. Dagens forskingsgrunnlag viser òg at det er stor variasjon i prosesskvaliteten mellom norske barnehagar. Delen barnehagar som oppfyller pedagognorma og krava til utdanning for pedagogiske leiarar har auka frå 21 til 39 pst. i perioden 2009 til 2012.

Ein forsiktig konklusjon på funna frå norske forskingsprosjekt er at dei fleste barn trivst i barnehagen, men ei lita gruppe trivst ikkje så godt. Foreldra er gjennomgåande svært nøgde med barnehagen, og dei er meir nøgde enn det barna sjølve er. Forskinga indikerer ikkje at det er nokon risiko knytt til tidleg barnehagestart i Noreg. Barnehagebarn har ikkje fleire åtferdsproblem, og dei har lågare risiko for sein språkutvikling enn barn som ikkje går i barnehage.

Ei undersøking frå NOVA i 2013 viser at barnehagestyrarar meiner at dei strukturelle rammevilkåra i barnehagane er vortne betre sidan 2002. Tilsvarande undersøkingar vart utført i 2002, 2004 og 2008. Når det gjeld innhaldet i barnehagen, meiner styrarane at fleire barnehagar enn tidlegare arbeider med alle temaområda i rammeplanen i 2012. Sosial kompetanse og språk er dei områda det blir arbeidd mest med i barnehagane, og språkkartlegging av barna blir i større grad utført av personar med formell kompetanse. Utveksling av informasjon mellom barnehage og foreldre og satsing på kompetanse blant tilsette har òg vorte betre sidan 2002.

Nasjonalt kunnskapssenter for utdanning vart oppretta i 2011 som ei avdeling i Noregs forskingsråd, jf. omtale under programkategori 07.50. Kunnskapssenteret skal mellom anna samle, analysere og spreie kunnskap om kva som gir god kvalitet i barnehagar.

Fylkesmannens tilsyn

Fylkesmannens tilsyn med og rettleiing av kommunen som barnehagemyndigheit er eit viktig verkemiddel for å bidra til å sikre høg kvalitet på barnehagetilbodet. Utdanningsdirektoratet følgjer opp tilsynsaktiviteten til Fylkesmannen gjennom embetsstyringa. Oppsummeringa av årsrapportane frå dei atten fylkesmannsembeta for 2012 viser at tilsynsaktiviteten på barnehageområdet totalt sett ikkje er auka i samsvar med den styrkte løyvinga til Fylkesmannens tilsyn i statsbudsjettet. Fylkesmannen har i 2012 ført tilsyn med regelverket på barnehageområdet i 26 pst. av kommunane. Dette tilsvarer 111 tilsyn. Embeta har særleg lagt vekt på å føre tilsyn med korleis kommunane godkjenner og fører tilsyn med barnehagar, og korleis kommunane handterer regelverket om pedagogisk bemanning. I 2012 behandla Fylkesmannen 282 klager etter barnehagelova med forskrifter, noko som er ein auke på 172 klager frå 2011. Av dei 282 klagene gjaldt om lag 90 pst. forskrift om likeverdig behandling. Veksten i talet på klager må sjåast i samanheng med at forskrifta om likeverdig behandling var ny i 2011.

Utdanningsdirektoratet henta i 2012 inn vurderingar frå alle fylkesmannsembeta og gjekk gjennom tilsynsrapportar og tilsynsresultat for å få oversikt over utfordringane ved Fylkesmannens tilsyn på barnehageområdet. Undersøkingane viste at det er behov for ein meir koordinert og samordna metode som i større grad er eigna til å medverke til varig endring hos kommunen som barnehagemyndigheit.

Fylkesmannens tilsyn viser at mange kommunar ikkje gjennomfører oppgåvene sine som barnehagemyndigheit i samsvar med barnehagelova, og at det kan verke som om nokre kommunar ikkje er bevisste på kva som ligg i myndigheitsrolla og viktigheita av å skilje denne rolla frå eigarrolla.

Kommunen som barnehagemyndigheit

Kommunen er både barnehagemyndigheit for alle barnehagar i kommunen og eigar av dei kommunale barnehagane. Ei undersøking gjennomført i 2012 viser at om lag halvparten av kommunane organiserer eigar- og tilsynsrolla under same leiing. 42 pst. oppgir at oppgåver knytte til dei to rollene blir utførte av dei same tilsette. Status og utfordringar for kommunen som barnehagemyndigheit er grundig omtalt i Meld. St. 24 (2012–2013).

Kommunen skal som barnehagemyndigheit føre tilsyn med barnehagane, jf. § 16 i barnehagelova. Formålet er å sikre at alle barnehagar driv ei forsvarleg verksemd i samsvar med lov og forskrifter. Undersøkingar for perioden 2002–12 viser ein relativt stabil tilsynsfrekvens på nasjonalt nivå der om lag halvparten av barnehagane har tilsynsbesøk ein gong årleg. Samstundes viser andre undersøkingar at ein del kommunar sjeldan fører stadleg tilsyn.

Tilstrekkeleg kompetanse hos kommunen som barnehagemyndigheit er ein nøkkelfaktor for å nå dei nasjonale måla på barnehageområdet. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle og setje i gang eit vidareutdanningstilbod med eit omfang på 15 studiepoeng på masternivå for barnehagemyndigheita. Tilbodet starta opp hausten 2013 ved Høgskolen i Telemark og Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehageutdanning i Trondheim (DMMH).

Økonomiske rammevilkår for ikkje-kommunale barnehagar

Ei undersøking utført av Senter for økonomisk forskning (SØF) i 2012 viser at nesten to av tre kommunar meiner overgangen til rammefinansiering og ny forskrift om likeverdig behandling har medført overgangsproblem. Ifølgje fleirtalet av kommunane som har svart, er problemet at forskrifta er vanskeleg å tolke, og at presiseringar og nye tolkingar har vore krevjande å handtere. Kunnskapsepartementet og Utdanningsdirektoratet har i 2012 og 2013 vore i dialog med Private Barnehagers Landsforbund (PBL) og KS om rammevilkåra for dei ikkje-kommunale barnehagane. Departementet gav i 2012 støtte til eit prosjekt i regi av KS og PBL om utvikling av ein rettleiar for utrekning av kommunalt tilskott til ikkje-kommunale barnehagar. Rettleiaren vart ferdig hausten 2012. Utdanningsdirektoratet har i 2013 revidert rundskrivet om forskrift om likeverdig behandling, noko som vil kunne medverke til at det blir enklare for kommunane å utmåle tilskott i tråd med krava i forskrifta.

Lovendringar med utfyllande forskrifter om bruk av offentlege tilskott og foreldrebetaling i ikkje-kommunale barnehagar tredde i kraft 1. januar 2013. Bakgrunnen var eit ønske frå regjeringa om å sikre at midlane blir nytta i samsvar med formålet, og at dei kjem barna til gode. Samstundes fører departementet vidare eit avgrensa høve for barnehagane til å ta ut verdiar gjennom eit rimeleg årsresultat.

Kostnadsanalysar har vist at personalkostnader per årsverk til ordinær drift er høgre i kommunale enn i ikkje-kommunale barnehagar. For 2011 var kostnadene 18 pst. høgre. Ein stor del av forskjellen skyldast høgre pensjonskostnader.

Endringar i barnehagelova

Departementet la i april 2013 fram Prop. 120 L (2012–2013) Endringer i barnehageloven (politiattest m.m.) for Stortinget. I forslaget til lovvedtak foreslo departementet å endre reglane i barnehagelova om politiattest og rapportering av tenestedata frå kommunale barnehageeigarar. Lovforslaget inneber at føresegna i barnehagelova om politiattest blir harmonisert med overordna reglar om barneomsorgsattest i politiregisterlova. Stortinget vedtok lovendringane i juni 2013, og endringane i barnehagelova tredde i kraft 1. august 2013. Endringane medfører mellom anna at politiattestar som blir kravde inn med heimel i barnehagelova, nå vil innehalde omtale av fleire straffbare tilhøve enn tidlegare.

Strategiar og tiltak

Kunnskap om barnehagen

Regjeringa foreslår i Meld. St. 24 (2012–2013) å styrkje barnehageforskinga ytterlegare, satse meir på forsking om styring av sektoren, få fram fleire intervensjonsstudiar og styrkje formidlinga av forskingsresultat til sektoren.

Forsking om og for barnehagar er nødvendig som grunnlag for politikkutforming og forvaltning, og for å utvikle praksisfeltet og barnehagelærarutdanninga. Strategien Kunnskap for kvalitet (2008–2013) blir følgd opp med ein ny strategi for utdanningsforsking for perioden 2014–19. Strategien er eit viktig styringsverktøy for Kunnskapsdepartementet når det gjeld forsking om og for eigen sektor. Forskingsprogramma Praksisrettet utdanningsforskning 2010–2014 (PRAKUT) og Utdanning2020 skal slåast saman, jf. omtale under programkategori 07.50 Vakesnopplæring m.m., og kap. 11.

Høgskolen i Oslo og Akershus er leiar av prosjektet Better provision for Norway’s children in ECEC (Early Childhood Education and Care): A study of children’s wellbeing and development in ECEC, and new tool for Quality Evaluation. Arbeidet skjer i samarbeid med norske og internasjonale fagmiljø, og skal vere ferdig i 2018. Prosjektet skal kartleggje samanhengen mellom struktur og organisering, pedagogiske prosessar, trivsel, utvikling og læring. Prosjektet skal også utvikle eit forskingsbasert verktøy som barnehagane kan bruke for å arbeide systematisk med vurdering og utvikling av sin eigen prosesskvalitet.

For nærmare omtale av barnehageforsking, sjå kap. 231 postane 21 og 51.

Fylkesmannens tilsyn

Utdanningsdirektoratet vil følgje opp tilsynsaktiviteten til Fylkesmannen gjennom embetsstyringa, og stiller hausten 2013 ferdig ei handbok i felles tilsynsmetode for Fylkesmannens tilsyn i barnehagesektoren og opplæringssektoren. I tillegg er det laga ein plan med meir langsiktige mål og tiltak for å sikre eit forsvarleg, einsarta og treffsikkert tilsyn med høg legitimitet. Felles metode skal leggje til rette for at tilsyna i barnehagesektoren og opplæringssektoren inneber ressurseffektive undersøkingar av tilstanden i kommunane og effektiv korrigering av eventuell lovstridig praksis, samt at tilsyna skjer i samsvar med forvaltningsrettslege krav. Ein felles metode skal òg sikre likebehandling på landsbasis. Det er dessutan ei viktig målsetjing at tilsyna skal ha læringseffekt for kommunen.

Utdanningsdirektoratet vil i perioden 2013–14 hente inn kunnskap om sektoren og gjere risikovurderingar med sikte på å etablere sentrale tilsynssatsingar for dei tilsyna embeta fører med barnehagesektoren. Sentralt initierte tilsyn skal bidra til likebehandling, forenkle tilsynsverksemda til embeta og sikre at den samla tilsynsaktiviteten i større grad svarer til risiko i sektoren. Sentralt initierte tilsyn skal supplere dei tilsyna Fylkesmannen sjølv initierer på bakgrunn av lokale risikovurderingar.

System for å følgje med på utvikling av kvaliteten

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle eit system for å følgje med på utviklinga av kvaliteten i barnehagesektoren og medverke til betre kvalitet, jf. både St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen og Meld St. 24 (2012–2013). Oppdraget har delfristar i 2014 og 2015 og endeleg frist i 2017.

Forsvarleg system

I Meld. St. 24 (2012–2013) gir departementet ei vurdering av behovet for å innføre eit krav i barnehagelova om internkontroll for lokal barnehagemyndigheit, altså eit forsvarleg system som sikrar at verksemda følgjer krava i lov og forskrift. Regjeringa tek sikte på å foreslå å lovfeste eit slikt krav i barnehagelova. Regjeringa vil for øvrig også ta sikte på å lovfeste eit krav i barnehagelova om at barnehageeigaren skal ha eit forsvarleg system, noko som vil gjelde både kommunale og ikkje-kommunale barnehageeigarar. Alle forslaga vil bli følgde opp i departementets gjennomgang av barnehagelova med forskrifter.

Økonomiske rammevilkår for ikkje-kommunale barnehagar

Regjeringa vil sikre likeverdig kvalitet i alle barnehagar og stabile rammevilkår for ikkje-kommunale barnehagar. Frå 1. august 2013 vart minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar auka frå 92 til 96 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. Departementet foreslår å løyve 169,5 mill. kroner i 2014 for å dekkje heilårseffekten av opptrappinga av minimumstilskottet som vart gjennomført i 2013. Auken i minimumstilskottet legg til rette for å jamne ut forskjellane mellom kommunale og ikkje-kommunale barnehagar når det gjeld talet på barn per vaksen og lønns- og arbeidsvilkår for dei tilsette. Regjeringa tek framleis sikte på å oppnå full likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å vurdere om det er behov for endringar i forskrift om likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar ved tildeling av offentleg tilskott. Direktoratet vil vurdere om det bør gjerast endringar i forskrifta for å sikre ikkje-kommunale barnehagar meir stabile rammevilkår og gjere det lettare for kommunane å rekne ut korrekte tilskott. Sidan det er ønskjeleg å setje i verk endringar raskt, vil direktoratet allereie hausten 2013 sende ut til høyring framlegg om å endre grunnlaget for utrekning av tilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå budsjett til rekneskap. Departementet tek sikte på at endringa i tilskottsgrunnlaget kan setjast i verk frå 1. januar 2014. Eventuelle andre endringar i forskrifta skal etter planen tre i kraft 1. januar 2015.

Gjennomgang av barnehagelova

Regjeringa foreslo i Meld. St. 24 (2012–2013) ei rekkje tiltak som gjeld lovendringar. Departementet starta den varsla gjennomgangen av barnehagelova sommaren 2013 med sikte på å leggje fram forslag til lovendringar dei kommande åra.

Mål: Alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg og leik, læring og danning

Å medverke til at alle barn får ein god start på livet, er det viktigaste vi kan gjere som samfunn. Grunnlaget for deltaking i sosiale fellesskap, for vennskap og for vidare utvikling, læring og danning blir lagt i tidlege barneår. Barnehagen skal ta på alvor trivselen, behova og utviklinga til alle barn og ruste det einskilde barnet til livslang læring.

For at barnehagen skal vere ein lærande og utviklande arena for alle barn, er det nødvendig at barnehagen har nok tilsette med god kunnskap og kompetanse når det gjeld barndom og utvikling hos barn. Kompetente tilsette er ein føresetnad for å gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod, slik at barnehagen blir ein god arena for omsorg, leik, læring og danning. Dette ligg til grunn for satsinga til regjeringa på kompetanseutvikling for alle som arbeider i barnehage. Frå 2005 til 2013 har midlane til kompetanse- og rekrutteringstiltak auka frå 10 mill. kroner til 120 mill. kroner. For ytterlegare omtale av kompetansehevingstiltak, sjå kap. 231 post 21.

Tilstandsvurdering

Kompetansen i personalgruppa

I dei siste åra har det vore ei positiv utvikling i delen tilsette med barne- og barnehagefagleg kompetanse. I 2012 hadde 55 pst. av dei 83 480 tilsette som arbeider med barna, slik kompetanse, mot 44 pst. i 2003, jf. figur 4.12. Dette omfattar både pedagogar med barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk høgre utdanning og tilsette med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Tilsette med barnehagelærarutdanning utgjer 36 pst., og tilsette med anna pedagogisk utdanning utgjer fire pst. Tilsette med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget utgjer 14 pst. Dei andre tilsette, 37 700 personar, har ikkje noka formell utdanning for å arbeide med barn. Tidlegare registerdata frå Statistisk sentralbyrå (SSB) i 2010 har vist at om lag halvparten av dei ufaglærte ikkje har fullført noka utdanning utover grunnskolen.

Figur 4.12 Utvikling av dei tilsettes utdanningsbakgrunn 2003–12, i prosent

Figur 4.12 Utvikling av dei tilsettes utdanningsbakgrunn 2003–12, i prosent

Kjelde: KOSTRA

Trass i at delen barn som går i barnehage, har auka frå 76 pst. i 2005 til 90 pst. i 2012, har talet på barn per barnehagelærar gått ned i denne perioden, frå 10,3 barn per barnehagelærar i 2005 til 9,4 barn per barnehagelærar i 2012.

I 2012 arbeidde 30 388 barnehagelærarar i barnehagane, noko som utgjer 36,4 pst. av alle dei tilsette som arbeider med barn. Denne delen har halde seg stabil på ein tredel i dei seinaste åra trass den store veksten i sektoren. Tal frå SSB viser at barnehagane manglar 4 012 barnehagelærarar med godkjend utdanning. Delen styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend utdanning etter barnehagelova var på 12,5 pst. i 2012. Det er ein reduksjon frå 13,3 pst. i 2011 og 13,7 pst. i 2010.

Det er store forskjellar mellom barnehagane når det gjeld kompetansenivå. SSB-tal frå 2012 viste at i dei ti pst. ordinære barnehagane med høgst kompetansenivå hadde minst 75 pst. av personalet relevant utdanning. I dei ti pst. med lågast kompetansenivå hadde berre inntil 28 pst. relevant utdanning.

I barnehagelova og rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er det lagt nasjonale føringar for å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet. Krava til pedagogisk bemanning (pedagognorma) skal sikre tilstrekkeleg kvalifiserte pedagogar i barnehagen. Nå som den store barnehageutbygginga er over, vil veksten i talet på barn som startar i barnehage, avta. Dette gir rom for ein sterkare auke av tilsette med relevant utdanning og ein raskare reduksjon i delen tilsette utan relevant utdanning enn det vi har sett i dei siste åra.

Delen barnehagelærarar med innvandrarbakgrunn har auka i dei seinare åra, frå 4,9 pst. i 2009 til 6,0 pst. i 2012. Denne utviklinga er positiv.

Tilsette med fagbrev i barne- og ungdomsarbeid utgjer 14 pst. av alle dei tilsette i barnehagen som arbeider med barn. I 2012 var det om lag 11 700 barne- og ungdomsarbeidarar som arbeidde i barnehagen. Dette er meir enn ei dobling frå 2005.

Menn i barnehagen

Frå 2008 til 2012 har delen mannlege barnehagetilsette i basisverksemda auka med 29 pst., frå 4 985 menn i 2008 til 6 429 menn i 2012. Denne auken har ført til at delen menn av dei tilsette i basisverksemda har halde seg stabil til tross for stor utbygging. Basisverksemda omfattar den hovuddelen av personalet som arbeider med heile barnegruppa, som styrarar, pedagogiske leiarar, faglærte og ufaglærte assistentar (ikkje tospråklege assistentar). For stillingar i basisverksemda i 2012 utgjorde mannlege tilsette 8,5 pst. I 2012 hadde 14,8 pst. av barnehagane minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda. For nærmare omtale, sjå del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren og kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Leiarutdanning

Leiarutdanninga for barnehagestyrarar vart oppretta hausten 2011, og har vist seg å vere svært populær, med meir enn dobbelt så mange søkjarar som det er plass til. Utdanninga blir gitt ved fem utdanningsinstitusjonar, og er eit deltidsstudium over til saman tre semester. 300 styrarar starta opp i haustsemesteret 2011, og av desse tok 263 endeleg eksamen hausten 2012. Eit nytt kull starta opp i vårsemesteret 2013, og desse tek endeleg eksamen våren 2014. Ein samla evalueringsrapport om utdanninga skal leggjast fram hausten 2014. Ein delrapport våren 2013 viser at det er forskjellar mellom dei ulike programma, men at deltakarane er nøgde, og at dei meiner programma gir viktig, interessant og relevant kunnskap som dei ventar skal gjere dei til betre leiarar.

Rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar

God rettleiing er viktig for at nyutdanna barnehagelærarar skal få utvikla kompetansen sin og meistre yrket. God rettleiing kan òg medverke til auka rekruttering og til å halde på dyktige pedagogar i barnehagen. Utdanningsdirektoratet lyser ut midlar til drift og vidareutvikling av igangsette tiltak for rettleiing. Ei kartlegging frå 2012 viste at ordninga traff godt, og at både dei nyutdanna barnehagelærarane, styrarane og eigarane var nøgde. Departementet skal gjennomføre ei ny kartlegging for 2013–14.

Kompetansestrategien 2014–2020

Departementet har gjennom prosjektet GLØD som målsetjing å betre kompetansen blant alle tilsette, auke rekrutteringa til både barnehagelærarutdanninga og barnehagane og bidra til å heve statusen for arbeid i barnehagane. GLØD har ei nasjonal referansegruppe som skal gi råd og innspel i arbeidet. Referansegruppa er sett saman av sentrale aktørar i sektoren: Foreldreutvalet for barnehagar (FUB), Fagforbundet, Utdanningsforbundet, Private Barnehagers Landsforbund (PBL), Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet, Delta, Virke, KS, Norsk Studentorganisasjon, Nasjonalt råd for lærerutdanning (NRLU) og frå hausten 2013 Sametinget.

GLØD har i 2012 innhenta kunnskap om sentrale problemstillingar knytte til kompetanse og rekruttering i barnehagane. Saman med råd og innspel frå sentrale aktørar i sektoren har dette inngått i grunnlaget for utforminga av strategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020, som departementet la fram i august 2013. For nærmare omtale av strategien, sjå nedanfor under Strategiar og tiltak.

Rekruttering

Det er eit mål for regjeringa å auke talet på barnehagelærarar totalt. Rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig skal førebels vare i perioden 2012–14. Målet er å få fleire søkjarar til barnehagelærarutdanninga, og å heve statusen for arbeid i barnehage. Det vart i 2012 etablert regionale nettverk i alle fylke, og desse skal i hovudsak bidra til å styrkje det lokale arbeidet med rekruttering. Nettverka består av sentrale aktørar i sektoren og blir koordinerte av Fylkesmannen.

Tal frå Samordna opptak for 2013 viser at det endelege talet på kvalifiserte søkjarar med barnehagelærarutdanninga som førsteval er 2 312. Det er ein nedgang frå 2012 og om lag same nivå som i 2011. For studieåret 2013–14 er det gitt tilbod om studieplass til 3 257 studentar mot 3 571 i 2012.

Hausten 2012 gjekk 7 716 studentar på barnehagelærarstudiet mot 7 525 i 2011, ein auke på 2,5 pst. Talet på studieplassar har auka i dei siste åra, og det har vore ei positiv utvikling i talet på kandidatar som blir uteksaminerte frå barnehagelærarutdanninga, frå om lag 1 200 kandidatar i 2006 til 1 800 i 2012.

Fråfallet frå yrket har dessverre vore stort, statistikk frå 2010 viser at berre om lag halvparten, eller 52 pst., av alle utdanna barnehagelærarar i Noreg under pensjonsalder jobbar i barnehage. Det er likevel ei betring frå 2000, då berre 44 pst. jobba i barnehage. Ei intervju-undersøking i 2012 med eit utval av dei som ikkje lenger arbeider i barnehagen, viser at dei etterlyser betre lønn og karrieremoglegheiter, og i tillegg gode kår for å praktisere faget, mellom anna nok ressursar og godt fagmiljø. Det har vore ei positiv utvikling i overgangen frå utdanninga til arbeid i barnehage. I 2007 jobba 81 pst. av barnehagelærarane i barnehage to år etter eksamen mot 56 pst. i 1998.

Regjeringa ønskjer å auke delen menn som arbeider i barnehage, herunder delen mannlege barnehagelærarar. I 2012 var 13,6 pst. av studentane på barnehageutdanninga menn mot 13,2 pst. i 2011. Delen mannlege søkjarar som har barnehagelærarutdanning som førsteval, har gått opp frå 16,6 pst. i 2012 til 17,2 pst. i 2013.

Regjeringa ønskjer å auke delen barnehagelærarar med innvandrarbakgrunn. I 2012 hadde 7,4 pst. av studentane på barnehagelærarutdanninga innvandrarbakgrunn mot 7,3 pst. i 2011.

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er eit rekrutteringstiltak der både faglærte og ufaglærte assistentar får tilbod om å ta utdanninga på deltid mens dei arbeider i barnehagen. Studiet medverkar til rekruttering av studentar som ikkje ville valgt ei utdanning på heiltid. ABLU har eit tett samarbeid mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt, og barnehagen inngår som ein viktig læringsarena. ABLU medverkar òg til kompetanseutvikling for heile personalgruppa og styrkjer barnehagen som lærande organisasjon gjennom auka merksemd om faglege problemstillingar.

Barnehagelærarutdanninga

Den tidlegare førskolelærarutdanninga blir frå og med studieåret 2013–14 erstatta av ei ny barnehagelærarutdanning over heile landet. I samband med ny forskrift og ny rammeplan for denne utdanninga er yrkestittelen endra frå førskolelærar til barnehagelærar. Målet med den nye utdanninga er å få til ei meir heilskapleg utdanning som gjer studentane betre rusta til å utføre arbeidsoppgåvene og møte utfordringane i barnehagen i dag, jf. evalueringa frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i 2010. Utdanninga skal vere basert på forsking, ha ei styrkt profesjonsinnretning og eit forpliktande samspel mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt. Strukturen i utdanninga er endra frå ei fagbasert utdanning til seks tverrfaglege kunnskapsområde, noko som ligg tettare opp til den tilnærminga barnehagane har til det pedagogiske arbeidet. Alle kunnskapsområda skal integrere pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap som er tilpassa fagområda i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har i studieåret 2012–13 prøvd ut den nye utdanninga gjennom eit pilotprosjekt. Erfaringane er positive, og viser at den nye utdanninga ser ut til både å styrkje samarbeid og tverrfagleg tilnærming internt på høgskolen og å gi eit tettare samarbeid mellom høgskolen og praksisfeltet. Praksisbarnehagane ser ut til å bli meir delaktige i utdanninga av studentane. Det første kullet med studentar frå den nye utdanninga blir uteksaminert våren 2016. Ei følgjegruppe med mandat fram til sommaren 2017 skal støtte utdanningsinstitusjonane i prosessen med omlegging til den nye barnehagelærarutdanninga.

SINTEF gjennomfører på oppdrag frå departementet ei nasjonal undersøking av studiekvaliteten i lærarutdanningane, inkludert den tidlegare førskolelærarutdanninga som er under avvikling, og uttestinga av ny barnehagelærarutdanning. Rapporten kjem i desember 2013, og vil gi eit viktig utgangspunkt for vidare undersøkingar av studiekvalitet i den nye barnehagelærarutdanninga og verdifulle innspel i arbeidet med å auke studiekvaliteten i alle lærarutdanningene.

Andre kompetansetiltak

Løyvinga til kompetanseheving auka med 20 mill. kroner i 2013. Desse midlane vart nytta til kompetansetiltak for assistentar, mellom anna til å gi ufaglærte assistentar grunnleggjande kompetanse for arbeid i barnehage (såkalla barnehagefagleg grunnpakke), til å leggje til rette for at fleire assistentar tek fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget og til fleire plassar til kompetansehevingsstudium med 15 vekttal for assistentar. Høgskolen i Oslo og Akershus og Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått midlar til to prosjekt som skal medverke til å utvikle barnehagen som lærande organisasjon med særskild vekt på å auke kompetansen for både ufaglærte og faglærte assistentar.

Fagskoleutdanning er korte, yrkesretta utdanningar som byggjer på videregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Omfanget tilsvarer minimum eit halvt år og maksimalt to studieår. Det finst i dag få fagskoletilbod i oppvekstfag som er relevante for arbeid i barnehage. Departementet har i 2012 gitt støtte til Nasjonalt utvalg for fagskoleutdanning i helse- og oppvekstfag (NUFHO) for å få utvikla ein nasjonal plan for fagskolar innanfor oppvekstfag som tek utgangspunkt i kompetansebehovet til barne- og ungdomsarbeidarar for arbeid i barnehage og skole. Planen var ferdig våren 2013, og har ei fordjuping i temaet med særskilde behov.

Departementet har i oppfølginga av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd: Samspill i praksis innført ei prøveordning for å gjere det mogleg for fleire grupper å ta fagskoleutdanning. Departementet har innlemma fagskolar i oppvekstfag i prøveordninga, noko som inneber at søkjarar kan bli tekne opp til utdanninga på bakgrunn av generell studiekompetanse. For nærmare omtale av prøveordninga, sjå kap. 276 Fagskoleutdanning.

Pilotprosjektet om barnehagen som læringsmiljø og danningsarena starta i seks fylke hausten 2011 og vart avslutta i 2013. Under koordinering av fylkesmennene og med støtte frå fagfolk ved universitet/høgskolar i regionen skulle barnehagane utvikle praksisen sin slik at verdiane i formålsparagrafen kan bli omsette i kvardagserfaringar for barna.

Kompetansesatsinga Vennskap og deltakelse – en styrking av arbeidet med implementering av nytt formål i barnehagene starta i 2012 og er ført vidare i 2013. Satsinga skal styrkje kompetansen hos personalet til å omsetje formålsparagrafen til praktisk arbeid i barnehagen, medverke til å utvikle barnehagen vidare som ein lærande organisasjon og styrkje barnehagen som pedagogisk verksemd. Dei tre prioriterte områda for satsinga i 2013 er Psykososialt miljø i barnehagen, Rett til medverknad for barn og Språk.

Samisk barnehagetilbod

Sametinget la i 2012 fram ei melding om samisk barnehagetilbod, og peiker mellom anna på at lokal tilpassing av språktilbod er viktig. Meldinga vart vedteken i Sametingets plenum i februar 2013. Det er store variasjonar i den samiske språkkompetansen hos samiske barn, og det er ei utfordring å leggje til rette for god språkstimulering. Sametinget ønskjer å leggje til rette for tidleg språkstimulering i barnehagen og å bidra til formell kompetanse i samisk språk hos dei tilsette.

Rapporten Samisk språkundersøkelse 2012 viser at i kommunar utanfor det samiske forvaltningsområdet er det gjennom barnehagen at elevar blir rekrutterte til opplæring både i og på samisk.

Handlingsplan for samiske språk har språkmiljø og språkstimulering som eitt av fire prioriterte område, og understrekar at samiske barn må få støtte til å bevare språket sitt. Det er eit godt etablert samarbeid mellom dei fem nordlegaste fylkesmannsembeta og Sametinget (RegioNor). Saman arbeider dei med å utforme regionale og lokale tiltak, mellom anna språkmotiveringsseminar og rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar.

Samarbeid med barnevernet

Barnehagen skal ha eit godt samarbeid med barnevernet slik at barn som treng hjelp, får det. Det er kommunen som har ansvaret for å leggje til rette for eit godt tverrfagleg samarbeid. Dei tilsette i barnehagen har opplysningsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar.

Kunnskapsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har i 2009 utarbeidd rettleiaren Til barnets beste – samarbeid mellom barnehagen og barneverntjenesten for dette samarbeidet. Ei undersøking frå Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) i 2012 viser at 22 pst. av barnehagane har hatt situasjonar der barnehagen har hatt behov for å bruke rettleiaren.

Tal frå SSB viser ein auke i saker som er melde av barnehagane for barn i alderen eitt til fem år. I 2007 melde barnehagane frå i 500 av 6 100 iverksette undersøkingssaker for barn i alderen eitt til fem år, altså åtte pst. For 2012 melde barnehagane frå i 1 300 av 9 450 slike saker, altså 14 pst. Dette kan tyde på at barnehagane i dei siste åra har fått betre kompetanse når det gjeld å vurdere kva for barn som bør få hjelp av barnevernstenesta.

Ulykker i barnehagen

For første gong har vi fått ei kartlegging som gir kunnskap om omfanget av skadar på barnehagebarn. På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning i 2012–13 gjennomført undersøkinga Kartlegging av hendelser og ulykker som medfører skade på barn i barnehage. Svarprosenten er etter måten låg, men forskarane meiner at resultata lar seg generalisere. Funna viser at kvart tiande barn skader seg ein gong årleg i barnehagen. 98 pst. av desse skadane er små skadar som personalet enkelt kan handtere, eller som berre krev enkel førstehjelp frå lege eller tannlege utan nærmare oppfølging. Gutar er meir utsette for mindre alvorlege skadar enn jenter, men både gutar og jenter er like utsette for dei alvorlege skadane. Det er ingen forskjell mellom aldersgruppene 0–3 år og 3–6 år når det gjeld talet på skadar. 98 pst. av styrarane meiner at sikkerheita i barnehagen er teken i vare i stor grad.

Beredskapsarbeid i barnehagesektoren

Norske barnehagar skal vere ein trygg plass å opphalde seg på for både barn og tilsette. Kommunen har plikt til å bruke risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) som grunnlag for arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap, og skal ha ein beredskapsplan for handtering av uønskte hendingar som kan ramme befolkninga i kommunen.

Strategiar og tiltak

Regjeringa vil arbeide for å oppfylle den pedagognorma vi har i dag, jf. Meld. St. 24 (2012–2013). Departementet vil derfor prioritere tiltak som medverkar både til å rekruttere nye barnehagelærarar og til å gjere det meir attraktivt å bli verande i yrket.

Kompetansen hos dei tilsette i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet til barna. Fagleg kunnskap hos personalet er ein føresetnad for eit godt og motiverande fagmiljø i barnehagen. Å utvikle eit godt fagmiljø er ein nøkkel til å auke statusen for arbeid i barnehage og sikre at fleire barnehagelærarar ikkje søkjer seg vekk frå barnehagen.

Kompetansestrategien for perioden 2014–2020

Departementet vil føre vidare og styrkje arbeidet med kompetanseheving, og la i august 2013 fram den heilskapelege kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020. Strategien omfattar både styrarar, pedagogar, barne- og ungdomsarbeidarar og ufaglærte assistentar. Strategien inneheld eit system for kompetanseutvikling som synleggjer ulike kompetansehevingstiltak for dei ulike gruppene tilsette. Strategien skal både medverke til å rekruttere barnehagelærarar og andre kvalifiserte yrkesgrupper til barnehagen, og til å heve kompetansen til dei som arbeider i barnehagen. Innanfor systemet fører departementet vidare tiltak som leiarutdanninga for styrarar, rettleiing av nytilsette, nyutdanna barnehagelærarar, pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk, arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) og kompetansehevingsstudium for assistentar. I tillegg inneheld systemet tiltak som skal sikre at fleire tilsette utan relevant kompetanse får eit minimum av barnehagefagleg kompetanse, og at fleire tek fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Nokre av tiltaka er individbaserte, medan dei barnehagebaserte tiltaka rettar seg mot heile personalet som gruppe.

Kompetansestrategien har fått ein lang tidshorisont. Meininga er å gjere det lettare for barnehageeigarar å leggje langsiktige planar for korleis og når kompetansetiltak skal gjennomførast, og samstundes synleggjere moglege kompetansetiltak og karrierevegar overfor tilsette i barnehagen. Dette vil kunne skape motivasjon hos den enkelte til å auke sin eigen faglege kunnskap.

Departementet foreslår å auke løyvinga til kompetansetiltak med 40 mill. kroner i 2014. Midlane skal gå til oppfølginga av den nye kompetansestrategien, herunder arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU), leiarutdanning for styrarar, fagskoletilbod i oppvekstfag, barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak og barnehagefagleg grunnpakke, jf. omtale nedanfor. Midlane må sjåast i samanheng med andre tiltak i kompetansestrategien.

ABLU er eit tilbod til assistentar som ønskjer å utdanne seg til barnehagelærar mens dei er i jobb. Erfaringar viser at desse oftast blir verande i barnehagen etter endt studium. Tilbodet har hatt fleire søkjarar enn tilgjengelege plassar, og departementet har som mål å auke talet på midlertidige studieplassar med 200 plassar i 2014. Det er ein føresetnad for auken at universitets- og høgskolesektoren har kapasitet til dette.

Leiarutdanninga for styrarar har òg hatt fleire søkjarar enn tilgjengelege plassar. Deltakarane rapporterer at dei opplever at studiet er relevant. Departementet ønskjer å føre tiltaket vidare. Innretninga av studiet og moglegheita for å auke talet på studieplassar skal vurderast. Det er ein føresetnad for auken at universitets- og høgskolesektoren har kapasitet til dette.

Det finst nesten ingen fagskoletilbod for barne- og ungdomsarbeidarar eller med relevans for arbeid i barnehagen. Ei kartlegging av kva sektoren treng å kunne meir om, viser at interessa for eit fagskoletilbod i oppvekstfag er stor. Departementet foreslår å løyve midlar til etablering i 2014 av eit fagskoletilbod som er relevant for arbeid i barnehagen.

Barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak er tiltak som involverer heile personalet, og som finn stad i den einskilde barnehagen. Tiltaka blir utvikla lokalt, gjerne i samarbeid med andre barnehagar, kommunen eller relevante kompetansemiljø, og skal ha ei klar forankring hos barnehageeigar, styrar og pedagogisk leiar. Tiltaka skal medverke til ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass, og gjennom å lyfte heile personalgruppa på tvers av kompetansenivå medverke til å styrkje barnehagen som fagmiljø. Departementet ønskjer å styrkje dette arbeidet gjennom å auke dei tilgjengelege midlane til barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak.

Barnehagefagleg grunnpakke er tiltak retta mot ufaglærte assistentar for at dei skal få kompetanseheving innanfor område som er avgjerande for at barnehagen skal kunne oppfylle sitt samfunnsmandat og medverke til tidleg innsats. Tiltaket vil bli ført vidare i 2014 og styrkt slik at fleire ufaglærte assistentar kan få kompetanseheving.

Rekruttering

Mangelen på pedagogar krev vidare satsing på rekruttering av personale med barnehagelærarutdanning. Rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig, som er retta mot unge utdanningssøkjarar, skal førast vidare i 2014. Hovudmålet med kampanjen er å auke rekrutteringa til barnehagelærarutdanninga og å heve statusen for arbeidet i barnehagen. Det er etablert regionale nettverk med sentrale aktørar frå sektoren i alle fylke, og desse nettverka skal bidra i arbeidet med å støtte opp under det regionale rekrutteringsarbeidet.

Revidering av rammeplanen

Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er forskrift til banehagelova og utdjupar denne. Dagens rammeplan vart fastsett i 2005. Etter innføringa av ny formålsparagraf i 2010 gjorde departementet følgjeendringar i rammeplanen, og desse tredde i kraft i 2011. Departementet varsla samtidig ei meir omfattande revidering. Revideringa har vore utsett i påvente av mellom anna utredningane til Brenna-utvalet, Barnehagelovutvalet og Ekspertutvalet for språkkartlegging samt Meld. St. 24 (2012–2013).

I oppfølginga av Meld. St. 24 (2012–2013) har regjeringa sett ned ei rammeplangruppe som har fått i oppdrag å komme med forslag til revidert rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for den praktiske oppfølginga av dette arbeidet, som skal vere ferdig hausten 2014. Det er ein føresetnad for revideringa av rammeplanen at barnehagen skal halde på særpreget sitt som ei pedagogisk verksemd der omsorg, leik, læring og danning blir sette i samanheng.

Samisk barnehagetilbod

Kunnskapsdepartementet vil følgje opp Handlingsplan for samiske språk. Utdanningsdirektoratet skal mellom anna leggje til rette for kompetanseutvikling med vekt på språk, utvikling av pedagogisk materiell og informasjons- og erfaringsspreiing av gode språkutviklingstiltak.

Det samiske barnehagetilbodet er omtalt i Meld. St. 24 (2012–2013). Regjeringa vil føre vidare kampanjen for rekruttering til barnehagelærarutdanninga, herunder rekruttering av personar med samiskspråkleg bakgrunn. Regjeringa vil vidare medverke til samisk språkutvikling i barnehagen og utvikling av pedagogisk materiell, herunder omsetjingar til dei samiske språka, og saman med Sametinget medverke til at kommunar og barnehageeigarar har god kunnskap om barnehagetilbod for samiske barn.

Likestilling

Regjeringas handlingsplan Likestilling 2014 – regjeringens handlingsplan for likestilling mellom kjønnene omfattar tiltak for både rekruttering av fleire menn til barnehagen og fremming av likestilling mellom gutar og jenter. I handlingsplanen fører regjeringa mellom anna vidare målet om å auke delen mannlege tilsette i barnehagane til 20 pst. Likestillingssenteret har ansvaret for å gjennomføre tiltak for å heve kompetansen i praktisk likestillingsarbeid i barnehagen. For nærmare omtale av likestilling, sjå del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Samarbeid med barnevernet

Regjeringa legg vekt på at samarbeidet mellom barnehagen og barnevernstenesta skal vere til beste for barna.

Regjeringa foreslår i Meld. St. 24 (2012–2013) å samle og systematisere kunnskap om førebyggjande innsatsar for å oppdage og hjelpe utsette barn i alderen null til seks år med vekt på å styrkje tilknyting og samspel mellom barn og foreldre. I dette arbeidet skal Kunnskapsdepartementet samarbeide med Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet. Vidare foreslår regjeringa å bidra til å sikre, utvikle og styrkje eit best mogleg samarbeid med instansar som er viktige for barnehagen. Departementet følgjer opp desse forslaga.

Kunnskapsepartementet har levert innspel til og følgjer opp forslag i Justisdepartementets handlingsplan Et liv uten vold. Handlingsplan mot vold i nære relasjoner 2014–2017 og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementets strategi Barndommen kommer ikke i reprise. Strategi for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017). Strategiane legg mellom anna vekt på den viktige rolla barnehagepersonalet har når det gjeld å oppdage barn som treng hjelp.

Ulykker

Barnehageeigaren skal drive verksemda i samsvar med dei pliktene som følgjer av gjeldande regelverk. I Meld. St. 24 (2012–2013) foreslår regjeringa å lovfeste eit krav i barnehagelova om at både barnehagemyndigheit og barnehageeigar skal ha eit forsvarleg system for å sikre at krav i regelverket blir følgde opp. Desse krava gjeld rutinar, førebygging og beredskap ved ulykker.

Undersøkinga Kartlegging av hendelser og ulykker som medfører skade på barn i barnehage vart gjennomført av Dronning Mauds Minne Høgskole hausten 2012 og viser at det skjer få alvorlege ulykker i barnehagane. På bakgrunn av resultata frå undersøkinga og innspel frå Utdannningsdirektoratet vil departementet vurdere moglegheitene for ei fast kartlegging og registrering av alvorlege ulykker i barnehagane.

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Regjeringa har som mål at det skal leggjast til rette for sunne måltid og fysisk aktivitet i barnehagar og skolar, jf. Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei. Kvalitet for mangfold i fellesskolen og Meld. St. 34 (2012–2013) Folkehelsemeldingen. I meldingane tek regjeringa sikte på å opprette eit nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet i barnehagar og skolar for å medverke til auka trivsel og auka konsentrasjon og for å styrkje læringsevna. For nærmare omtale av senteret, sjå kap. 226 post 50.

Mål: Alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap

Barnehagen skal inkludere alle, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå, og har eit særleg ansvar for å sikre god og tidleg hjelp til barn som har behov for særskild oppfølging. Regjeringa er oppteken av at barnehagetilbodet blir lagt til rette slik at alle barn får eit godt omsorgs- og læringsmiljø som fremmer trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd. Barnehagen er ein viktig arena for å arbeide med førebyggjande tiltak for helse, sosial inkludering og livslang læring.

Tilstandsvurdering

Meld. St. 24 (2012–2013) inneheld både omtale og vurderingar av forhold som gjeld det fysiske og psykososiale miljøet i barnehagen, spesialpedagogisk hjelp, rolla til den kommunale pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta), tilbodet til barn med særskilde behov og tverretatleg samarbeid. Undersøkingar av fysisk og psykososialt miljø viser at dette er sentrale faktorar for trivsel blant barna, men barnehagelova inneheld ingen klare føresegner som rettar seg direkte mot dette. Retten til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder ligg framleis i § 5-7 i opplæringslova.

Barnehagelova har ingen pålegg om at PP-tenesta har ansvaret for å rettleie barnehagane, sjølv om slik rettleiing blir gitt i mange kommunar. I Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap ble det foreslått å innføre ein regel i barnehagelova som presiserer at barnehagane og skolane skal delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i individuell plan. Spørsmålet om korleis samarbeidet mellom ulike etatar, som barnehage, helsestasjon og barnevern, kan bli betre, er òg omtalt i Meld. St. 34 (2012–2013) Folkehelsemeldingen. God helse – felles ansvar og Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven.

Det psykososiale miljøet i barnehagen

Foreldreundersøkingar har i fleire år vist at foreldre er svært nøgde med barnehagetilbodet. Seinast våren 2013 viser ei innbyggjarundersøking frå Difi at barnehage kjem på andreplass med 84 pst. skåre på kor tilfredse brukarane er. Når barna sjølve blir spurde om kor godt dei trivst i barnehagen, er skåren dårlegare, og ei undersøking viser at 40 pst. av barna svarer «sånn passe». Ti pst. likar ikkje så godt å vere i barnehagen. Fleire andre undersøkingar viser at om lag 20 pst. av femåringane ikkje har venner i barnehagen som dei leiker med dagleg, om lag 20 pst. av barna seier at dei berre har nokre få venner i barnehagen, og om lag halvparten seier at dei har vorte lei seg på grunn av erting i barnehagen. Åtte pst. av barna har vanskar knytte til sjølvtillit og det å kunne hevde seg i ei barnegruppe. Funna viser at det er viktig at personalet er observant overfor barn som ikkje så lett klarar å komme med i leiken, og at arbeidet med sosial kompetanse og inkludering må halde fram. Kompetansesatsinga Vennskap og deltakelse – en styrking av arbeidet med implementering av nytt formål i barnehagene kan gi gode erfaringar i dette arbeidet.

Dei tilsette i barnehagen skal støtte barnas sosiale utvikling og arbeide for å skape eit psykososialt miljø som førebyggjer mobbing og krenkingar. Ved å bidra til gode relasjonar mellom barn og hjelp til barn som til dømes blir ekskluderte frå leiken, kan personalet førebyggje eller snu ei negativ utvikling. Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) publiserte i 2012 brosjyren Mobbing i barnehagen med råd til både foreldre og tilsette. Utdanningsdirektoratet publiserte i 2013 rettleiaren Barn sin trivsel – vaksne sitt ansvar. Førebyggjande arbeid mot mobbing startar i barnehagen. I rettleiaren blir det mellom anna lagt vekt på ansvaret til barnehageeigar og barnehagestyrar for å setje det psykososiale miljøet på dagsordenen, sørgje for at personalet arbeider systematisk og langsiktig, og at personalet jamleg vurderer sitt eige arbeid.

Barn med særskilde behov

I 2012 hadde litt under 15 000 barn i barnehage nedsett funksjonsevne eller særskilde behov, noko som tilsvarer 5,2 pst. av alle barn i barnehage. Det vart gitt ekstra ressursar til nesten 8 400 barn, det vil seie 2,9 pst. av alle barn i barnehage.

Delen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova, har lege på om lag same nivå i dei siste åra, frå om lag to pst. i 2007 til 2,3 pst. i 2012. Til samanlikning hadde 4,3 pst. av elevane på 1. trinn i grunnskolen enkeltvedtak om spesialundervisning hausten 2012. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen er ofte knytt til utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar.

Det fysiske miljøet i barnehagen skal vere tilrettelagt slik at alle barn får gode moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar. I 2002 rapporterte 75 pst. av styrarane at barnehagen var tilrettelagd på denne måten. I 2012 var delen stigen til 92 pst., noko som er svært positivt.

Språkstimulering og støtte til språkutvikling

Meld. St. 24 (2012–2013) inneheld omtale og vurdering av det arbeidet barnehagen gjer når det gjeld språkstimulering og støtte til språkutviklinga hos barna. Språkarbeidet skal omfatte både majoritetsspråklege og minoritetsspråklege barn. Det kan vere stor variasjon i dei språklege ferdigheitene hos barnehagebarn. Ei undersøking av fireåringar med norsk som morsmål viste at dei barna som hadde høgast skåre, hadde eit ordforråd som var opptil tre gonger så stort som dei som hadde lågast skåre. Kjønn og sosial bakgrunn har betydning for dei språklege ferdigheitene. For å kunne stimulere alle barn er det viktig at barnehagen arbeider bevisst med dette. Departementet er svært nøgd med at undersøkingar viser at barnehagane arbeider aktivt med språk.

Utdanningsdirektoratet publiserte våren 2013 rettleiaren Språk i barnehagen – mykje meir enn berre prat. Rettleiaren omhandlar språkstimulering, språktileigning og dokumentasjon og vurdering av språk, og gir mellom anna gode eksempel på korleis alle tilsette i barnehagen kan bruke språket i ulike kvardagssituasjonar saman med barna.

Minoritetsspråklege barn i barnehage

Barnehagen er ein viktig arena for integrering og språkutvikling for minoritetsspråklege barn i førskolealderen, og regjeringa har som mål å auke deltakinga for særleg dei yngre minoritetsspråklege barna. Delen minoritetsspråklege barn i barnehage har auka mykje i dei seinare åra. I 2012 gjekk 75 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage, mot 54 pst. i 2005. For alle barn i aldersgruppa var dekningsgraden 90 pst. i 2012. For nærmare statistikk, sjå kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Departementet gir eit øyremerkt tilskott til kommunane til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63.

Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap omtaler heile utdanningsfeltet, mellom anna barnehageområdet. I meldinga legg regjeringa til grunn nokre prinsipp for det vidare arbeidet for å sikre eit godt utdanningsløp for alle barn, unge og vaksne, jf. omtale under progamkategori 07.20. Meldinga blir følgt opp mellom anna gjennom handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse. Handlingsplan 2013–2016.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet starta i 2006 eit forsøk med gratis kjernetid i barnehage i nokre utvalde område med høg del barn med innvandrarbakgrunn for å auke barnehagedeltakinga i desse områda, jf. Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap og Prop. 1 S (2013–2014) for Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet. Formålet med forsøket er å førebu barna på skolestart gjennom å betre norskkunnskapane deira og medverke til sosialiseringa generelt. Ei målsetjing er å sikre ei målretta oppfølging av dei føresette med innvandrarbakgrunn, slik at dei kan medverke til at barna kan følgje ordinær undervisning på skolen. Forsøket har også til formål å auke forståinga hos foreldra for at norsk språk er viktig, og for deltaking i sosiale aktivitetar. Vidare skal tiltaket medverke til å sikre at barnehagepersonalet har god kompetanse i fleirkulturell pedagogikk og språkstimulering.

Kunnskapsdepartementet er med på å finansiere ei treårig ekstern evaluering av forsøket med gratis kjernetid. Første delrapport kom i november 2012 og viser til dømes at av barn med minoritetsspråkleg bakgrunn i dei fem Oslo-bydelane som tilbyr gratis kjernetid, er det ein høgre del som går i barnehage enn i andre bydelar. Andre delrapport vil liggje føre i november 2013, og endeleg sluttrapport vil vere klar i november 2014.

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) har i perioden 2010–12 drive kompetansetiltak for tospråklege assistentar i barnehagen i samarbeid med høgskolane i Oslo og Akershus, Telemark og DMMH i Trondheim. Tiltaket blir drive etter KOMPASS-modellen, som er ein modell for kompetanseheving for assistentar utvikla av Høgskolen i Oslo og Akershus. Tiltaket har vore fullfinansiert av Kunnskapsdepartementet som ei oppfølging av NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. I studieåret 2011–12 deltok 96 assistentar fordelte på to klasser i Oslo, ei i Telemark og ei i Trondheim. 53 av deltakarane tok eksamen, som gir 15 studiepoeng. Deltakarane er både vanleg tilsette assistentar med minoritetsspråkleg bakgrunn, og assistentar finansierte gjennom den statlege tilskottsordninga. Ein samlerapport frå august 2012 viser at deltakarane meiner at dei har hatt stort utbytte av tiltaket, dei er vortne tryggare og meir bevisste på korleis dei kan utføre arbeidet sitt i barnehagen, og dei er vortne betre til å reflektere over si eiga yrkesrolle og praksisen sin i barnehagen. Kursmodellen involverer arbeidsplassen, så tiltaket medverkar til å auke kompetansen i dei respektive barnehagane om fleirspråkleg og fleirkulturelt arbeid. Høgskolane rapporterer at dei har fått auka kunnskap om og innsikt i kompetansebehovet i barnehagane når det gjeld fleirspråkleg og fleirkulturelt arbeid. I tillegg har tiltaket medverka til å rekruttere nokre av deltakarane til å søkje barnehagelærarutdanninga.

NAFO og Høgskolen i Oslo og Akershus gjennomførte i perioden 2011–12 pilotprosjektet Tospråklig assistanse i barnehagen (TOSPASS). Målet var å vise korleis tospråkleg assistanse kan medverke til både å styrkje den norskspråklege utviklinga hos barna og språkmiljøet i barnehagen. Prosjektet omfatta fem barnehagar i kommunane Skien, Porsgrunn, Askim og Oslo, og ei oppsummering av erfaringane viser både fordelar og utfordringar. Personalgruppa vart meir bevisst på korleis samarbeid om tospråklegheit kan skje, og dei tospråklege assistentane medverka til at barna utvikla både morsmåls- og norskferdigheiter. Merksemda på norsk språk var tydeleg, men assistentane brukte i stor grad morsmålet til å forklare og hjelpe barna vidare i den norske konteksten slik at barna kunne bruke norsk i dialog med andre. Viktige føresetnader for eit godt resultat ser ut til å vere god planlegging og leiing frå kommunen og barnehagen si side, tydelege ansvarstilhøve, klar rolleforståing og nok tid og ressursar til å etablere gode rutinar for samarbeid og evaluering.

Utdanningsdirektoratet har i 2012 på oppdrag frå departementet utarbeidd ein strategi for informasjons- og rettleiingsarbeid på minoritetsfeltet. Strategien omfattar både barnehage- og opplæringssektoren. Direktoratet følgjer opp tiltaka i strategien i 2013 og vidare.

I Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk foreslo regjeringa eit kompetanselyft på det fleirkulturelle området i heile utdanningssektoren i femårsperioden 2013–17. For nærmare omtale, sjå kap. 226 post 21.

Opne barnehagar

Opne barnehagar har eksistert sidan 1988 og er eit lågterskeltilbod som kommunane kan tilby familiar som av ulike årsaker ikkje bruker det ordinære barnehagetilbodet. Opne barnehagar gjer det mogleg for små barn å få treffe andre barn og samstundes få eit minimum av pedagogisk tilbod av ein barnehagelærar. Opne barnehagar kan såleis vere ein viktig arena for rekruttering av barn til ordinær barnehage. Tal frå SSB for 2012 viser at 5 316 barn nytta tilbodet i 199 opne barnehagar. Tilsvarande tal for 2011 var 5 730 barn og 219 opne barnehagar. Tilbodet har hatt ein klar nedgang frå 2005, da det var registrert 278 opne barnehagar med plass til nær 7 900 barn. Reduksjonen har skjedd parallelt med utbygginga av ordinære barnehagar.

Strategiar og tiltak

Det psykososiale miljøet i barnehagen

I Meld. St. 24 (2012–2013) foreslår regjeringa mellom anna å greie ut moglegheitene for ei ny regulering av det fysiske og psykososiale miljøet i barnehagen. I samband med dette er det viktig å ha eit samarbeid med relevante partar for å sikre ei størst mogleg harmonisering av regelverket. Dette vil inngå i gjennomgangen av barnehagelova med forskrifter som departementet starta sommaren 2013.

Ei stabil og kompetent personalgruppe er viktig for å sikre eit godt psykososialt miljø i barnehagen, og ei rekkje tiltak som gjeld dette, er omtalte under målet Alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg og leik, læring og danning. Kompetansestrategien for perioden 2014–20 har barn med særskilde behov som eitt av fire temaområde. Strategien skal medverke til at dei tilsette i barnehagen får betre kompetanse når det gjeld inkludering, samarbeid med andre instansar, mangfald og tidleg innsats. Arbeidet med dette temaområdet omfattar både spesialpedagogiske og allmennpedagogiske tiltak.

Åtferd med karakter av mobbing kan skje i barnehagen, og personalet skal stanse dette. Utvikling av eit godt miljø er viktig for å førebyggje negativ åtferd. Til hjelp i dette arbeidet har direktoratet utarbeidd rettleiaren Barn sin trivsel – vaksne sitt ansvar. Førebyggjande arbeid mot mobbing startar i barnehagen.

Barn med særskilde behov

Både i Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap. Tidlig innsats og gode læringsmiljøer for barn, unge og vaksne med særlige behov og i Meld. St. 24 (2012–2013) foreslår regjeringa å flytte føresegna om rett til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder frå opplæringslova til barnehagelova utan at retten blir svekt. Flyttinga vil kunne medverke til å styrkje samarbeidet mellom barnehagane og PP-tenesta. Regjeringa foreslår vidare i meldinga å greie ut reguleringa av det fysiske og psykososiale miljøet i barnehagen, lovfeste at PP-tenesta har eit ansvar for å rettleie barnehagane, og vurdere å innføre reglar om samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i individuell plan. Alt dette vil departementet følgje opp i det vidare lovarbeidet.

I Innst. 380 S (2012–2013) har fleirtalet i familie- og kulturkomiteen fleire innspel når det gjeld spesialpedagogisk hjelp til barn i barnehagealderen. Komiteen meiner at det må leggjast stor vekt på synet til foreldra ved utforming av tilbod om spesialpedagogisk hjelp, og at den sakkyndige vurderinga til PP-tenesta framleis må skje ut frå behova til barnet, noko som i dag er gjeldande rett, og ikke sjåast i relasjon til barnehagens miljø, kompetansesamansetjing og moglegheit for tilretteleggjing. Ein del kommunar reduserer eller avslår spesialpedagogisk hjelp i enkeltsaker med den begrunninga at barnehagen kan gi hjelp innanfor det ordinære barnehagetilbodet. Komiteen meiner at Fylkesmannen må følgje opp dette i klagehandsaminga si og gjennom rettleiing i regelverket overfor kommunane. Organiseringa i den enkelte kommune og kommunal finansieringsordning må ikkje få negativ innverknad på barns rett til spesialpedagogisk hjelp.

Komiteen meiner vidare at det er viktig at PP-tenesta ber om bistand frå Statped i vurderinga når PP-tenesta ikkje har tilstrekkeleg kompetanse. Barn har rett til spesialpedagogisk hjelp uansett om dei går i barnehage eller ikkje. Regjeringa vil følgje utviklinga og vurdere oppfølging i samband med gjennomgangen av barnehagelova.

Komiteen peiker på at statistikken om barn med særskilde behov ikkje er tilpassa endringane etter innlemminga i kommuneramma av det tidlegare øyremerkte tilskottet til barn med nedsett funksjonsevne. Departementet vil derfor vurdere om det er mogleg å utvikle statistikken på dette området slik at ein kan følgje med på om barn med særskilde behov får eit godt tilrettelagt barnehagetilbod.

Komiteen meiner at dersom eit barn med vedtak om rett til spesialpedagogisk hjelp i ein kommune flytter til ein annan kommune, bør barnet ha rett til spesialpedagogisk hjelp etter vedtaket frå fråflyttingskommunen så lenge det ikkje er fatta nytt vedtak i tilflyttingskommunen. Desse spørsmåla skal drøftast nærmare i det kommande lovarbeidet.

Språkstimulering og støtte til språkutvikling

Meld. St. 24 (2012–2013) inneheld fleire tiltak som gjeld arbeidet med språk og språkmiljø i barnehagen. Regjeringa vil innføre ei plikt for barnehagane til å tilby språkkartlegging til barn som ein vurderer at har eit særskilt behov for språkinnsats. Regjeringa vil òg initiere pedagogisk utviklingsarbeid og forsking i vurdering av språk og språkmiljø og i fagområdet kommunikasjon, språk og tekst i rammeplanen.

I oppfølginga av Meld. St. 24 (2012–2013) har Utdanningsdirektoratet fått i oppdrag å utvikle, prøve ut og evaluere eit refleksjonsverktøy for dokumentasjon og vurdering av arbeidet i den einskilde barnehagen med språket til barna og språkmiljøet i barnehagen. Evalueringsrapporten skal vere ferdig innan 1. juli 2014.

Minoritetsspråklege barn i barnehage

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) fører i studieåret 2013–14 vidare kompetansetiltaket KOMPASS for tospråklege assistentar i samarbeid med tre høgskolar (Høgskolen i Telemark, Høgskolen i Østfold og DMMH i Trondheim). Dette er ein del av oppfølginga av NOU 2010: 7 Mangfold og mestring.

I statsbudsjettet for 2013 vart det løyvt 30 mill. kroner til eit kompetanselyft på det fleirkulturelle området for heile utdanningssektoren. Delar av løyvinga gjeld barnehagesektoren. Departementet vil føre vidare denne satsinga i 2014, jf. omtale under kap. 226 post 21. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa på barnehageområdet, og har mellom anna gitt NAFO i oppdrag for studieåret 2013–14 å starte eit kompetansetiltak for barnehagemyndigheita i seks fylke for å auke kunnskapen om fleirspråklegheit og fleirkulturell pedagogikk. Dette skjer i samarbeid med høgskolane i Telemark, Østfold og Oslo og Akershus. Til saman deltek 30 kommunar og sju bydelar.

Opne barnehagar

Eit tiltak i Meld. St. 24 (2012–2013) er at regjeringa vil gjennomføre ei undersøking om opne barnehagar som omfattar omfang, opningstider, type tilbod, kompetanse hos personalet og kva brukarane meiner om tilbodet. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å gjennomføre undersøkinga, og rapporten skal vere ferdig hausten 2014.

Mål: Prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage

Tilstandsvurdering

Maksimalprisen for foreldrebetalinga er frå 2005 redusert frå 2 750 kroner per månad til 2 330 kroner i 2013. Dette er ein reell reduksjon på om lag 35 pst. eller 1 260 kroner (2013-kroner) per månad. Figur 4.13 viser utviklinga i foreldrebetalinga for ein heiltidsplass frå 2003 til 2013.

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar slår fast at alle kommunar skal ha ordningar som kan tilby dei barnefamiliane som har dårlegast moglegheit til å betale, ein reduksjon i eller fritak for foreldrebetaling. Undersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) om foreldrebetaling frå januar 2013 viser at 23 pst. av kommunane har inntektsgraderte satsar. Andre kommunar tilbyr friplassar eller andre rabattordningar utanfor det ordinære systemet for betaling til barnehagen. Alle kommunane tilbyr syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage.

Figur 4.13 Utvikling i foreldrebetalinga 2003–13

Figur 4.13 Utvikling i foreldrebetalinga 2003–13

Kjelde: Kunnskapsdepartementet

Strategiar og tiltak

Regjeringa foreslår at maksimalprisen i 2014 blir fastsett til 2 360 kroner per månad, noko som er ein reell reduksjon på 45 kroner per månad. Regjeringa innfrir dermed målet i Soria Moria-erklæringa om ei maksimalgrense for foreldrebetalinga på 1 750 kroner (2005-kroner).

Foreldrebetalinga for eit ordinært heiltidstilbod vil i 2014 maksimalt utgjere 2 360 kroner per månad og 25 960 kroner per år. Inkludert heilårseffekten av nominell vidareføring av maksimalprisen i statsbudsjettet for 2013, foreslår departementet ei samla løyving på om lag 245 mill. kroner til lågare pris i barnehagen.

I Meld. St. 24 (2012–2013) vurderar departementet at ordningane som skal gi foreldre med lågast betalingsevne lågare utgifter til barnehageplass, er tilfredsstillande. Kommunane skal få rettleiing i regelverket om foreldrebetalinga.

Kap. 231 Barnehagar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

134 600

166 148

210 513

50

Tilskott til samiske barnehagetilbod

14 179

14 647

15 160

51

Forsking, kan nyttast under post 21

7 750

8 006

8 286

60

Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving

406

61

Investeringstilskott, overslagsløyving

48 346

10 000

63

Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

122 005

126 015

130 173

64

Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving

14 560

6 500

Sum kap. 0231

341 846

331 316

364 132

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

Midlane blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiingar, kompetansetiltak, rekrutteringstiltak, informasjons- og erfaringsspreiing i barnehagesektoren og utviklingsbehov som oppstår gjennom året. Delar av løyvinga dekkjer utgifter til lønn og administrasjon i departementet knytte til drift av prosjektet GLØD. Ein mindre del av løyvinga kan bli nytta til tilskott til etablering av fagskoletilbod som er relevant for arbeid i barnehage.

Mål for 2014

Målet med løyvinga i 2014 er å medverke til å auke kvaliteten i barnehagane og styrkje kunnskapsgrunnlaget med utspring i Meld. St. 24 (2012–2013) Framtidens barnehage og den nye kompetansestrategien som tek til å gjelde frå 2014.

Rapport for 2012

I 2012 vart det totalt nytta om lag 132 mill. kroner til kvalitetstiltak over kap. 231. Av dette vart 120 mill. kroner nytta til kompetanseutvikling, rekrutteringstiltak og forsking over post 21 og 12 mill. kroner til kvalitetsfremmande tiltak over postane 51 og 63. I tillegg vart det løyvt 3,6 mill. kroner over kap. 226 post 21.

Om lag 18 mill. kroner vart nytta til forsking og kunnskapsinnhenting. 5 mill. kroner av desse midlane vart tildelte forskingsprogrammet Utdanning2020.

Av dei nasjonale midlane til kompetanseutvikling på post 21 vart 43 mill. kroner nytta til lokale kompetanse- og utviklingstiltak for dei tilsette i barnehagane. Om lag 12 mill. kroner vart nytta til kompetanseheving for assistentar og om lag 8 mill. kroner til studieplassar i arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning (ABF). 2,6 mill. kroner vart nytta til vidareutdanning i barnehagepedagogikk, og over kap. 226 vart det nytta 3,6 mill. kroner til vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen. Det vart nytta 3 mill. kroner til stimuleringstiltak i regi av lærarutdanningane for å auke tilbodet om rettleiing for nytilsette nyutdanna barnehagelærarar. Ei kartlegging utført av TNS Gallup i 2012 viser at nær 72 pst. av barnehagane med nytilsette barnehagelærarar har innført ei rettleiingsordning.

Det vart i 2012 nytta om lag 4,4 mill. kroner til barnehagetiltak i regjeringas handlingsplan Likestilling 2014. Tiltaka har omfatta drift av likestillingsteam i alle fylke, konferansar og seminar, og kompetanseheving i praktisk likestillingsarbeid for dei tilsette i barnehagane.

Leiarutdanning for styrarar er eit prosjekt som vart oppretta hausten 2011. Det første kullet gjekk ut hausten 2012, og 300 nye studentar vart tekne opp i 2012, og byrja studiet i januar 2013. I 2012 vart til saman 12 mill. kroner brukte til leiarutdanninga.

I 2012 vart om lag 15 mill. kroner nytta til rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig. Kampanjen omfatta i 2012 mellom anna reklamefilm på TV og kino, interaktiv film på nettet, ei eiga nettside, Facebook-side, PR-arbeid og deltaking på studiemesser rundt omkring i landet. Rekrutteringskampanjen medverka til at talet på kvalifiserte søkjarar som hadde førskolelærarutdanning som førsteval, auka med 18 pst. frå 2011 til 2012. Det vart òg tildelt 2 mill. kroner til fylkesmennene for å etablere regionale nettverk knytte til prosjektet GLØD og arbeidet med rekrutteringskampanjen lokalt. Til lønn og administrasjon i departementet knytte til drift av prosjektet GLØD i 2012 vart det nytta om lag 0,8 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2014

Regjeringa vil styrkje arbeidet med kompetanseheving og rekruttering i barnehagesektoren. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 38,6 mill. kroner i 2014. Midlane skal gå til oppfølginga av den nye kompetansestrategien, herunder arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU), leiarutdanning for styrarar, fagskoletilbod i oppvekstfag, barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak og barnehagefagleg grunnpakke for ufaglærte assistentar.

Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod

Sametinget forvaltar tilskott til samiske barnehagar, barnehagar med samiske avdelingar, barnehagar med tilbod om samisk språkopplæring og prosjekt og utviklingsarbeid i barnehagar. Sametinget og Kunnskapsdepartementet har faste samarbeidsmøte på administrativt nivå, i tillegg til konsultasjonar etter behov og nærmare avtale.

Mål for 2014

Formålet med tilskotta er å leggje til rette for at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen.

Rapport for 2012

I 2012 mottok Sametinget om lag 14,6 mill. kroner i tilskott til samiske barnehagetilbod. Statistikk frå Sametinget viser at det i 2012 var totalt 827 barn som gjekk i barnehagar med eit samisk tilbod. Av desse gjekk 560 barn i samiske barnehagar, 102 barn i barnehagar med samisk avdeling og 165 barn i barnehagar med samisk språkopplæringstilbod. Av dei 827 barna hadde 749 barn nordsamisk bakgrunn, 49 barn lulesamisk bakgrunn og 29 barn sørsamisk bakgrunn.

I 2012 var det registrert 23 samiske barnehagar mot 25 barnehagar i 2011, sju barnehagar med samisk avdeling mot åtte i 2011 og 33 barnehagar med samisk språkopplæringstilbod mot 28 i 2011. Dei sistnemnde barnehagane ligg i sju fylke; Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Rogaland og Akershus.

Sametinget har tildelt midlar til utviklingsarbeid, mellom anna til seks prosjekt, herunder eit prosjekt om utvikling av leiker og pedagogisk materiell som kan styrkje samiske språkferdigheiter.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21

Midlane blir nytta til forsking om og for barnehagar. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21. Løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom ulike forskingsprogram.

Mål for 2014

Målet er å få eit betre kunnskapsgrunnlag for praksis, forvaltning og barnehagepolitikk. Tilskottet skal medverke til å styrkje forskinga om og for barnehagar.

Rapport for 2012

Noregs forskingsråd finansierer to forskingsprogram på utdanningsområdet: Praksisretta utdanningsforsking PRAKUT (2010–2014), som er ei vidareføring av PraksisFoU (2007–2010), og Forskning om utdanning fram mot 2020 – Utdanning2020 (2009–2018).

I 2012 nytta departementet om lag 10 mill. kroner til PRAKUT, der 7,5 mill. kroner vart løyvde over post 51. PRAKUT er nærmare omtalt under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. Eitt av fire forskingsområde i PRAKUT er læring i barnehagar, der omsorg, leik og læring samt leiing er sentrale komponentar.

Utdanning2020 er eit tiårig forskingsprogram for utdanningssektoren frå barnehage til doktorgradsutdanning, jf. nærmare omtale under programkategori 07.50. Over kap. 231 post 21 vart det i 2012 løyvt 9 mill. kroner til Utdanning2020.

Oversikt over resultat frå dei 13 barnehageprosjekta i programmet PraksisFoU vart lagd fram i rapporten Funn i praksis – ny kunnskap om barnehage frå Forskingsrådet i 2012. Rapporten presenterer resultata frå dei 13 barnehageprosjekta i programmet, og viser korleis forsking kan vere med å utvikle profesjonsutøving og praksis. Rapporten gir òg oversikt over publikasjonar frå dei ulike forskingsprosjekta.

Noregs forskingsråd nemnde i 2012 opp eit nordisk forskarpanel som fekk i oppdrag å evaluere utdanningsforskingsprogramma PraksisFoU og Utdanning2020. Rapporten låg føre våren 2013. Hausten 2013 vil utdanningsforskingsprogramma bli slegne saman til eitt program, jf. omtale av elvalueringa under programkategori 07.50, og kap. 11.

Departementet legg hausten 2013 fram ein ny strategi for utdanningsforsking, og den vidare satsinga på barnehageforsking vil bli omtalt der, sjå kap. 11 Strategi for utdanningsforsking.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 60 Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving

Ordinært driftstilskott til barnehagar

Målet med tilskottet har vore å medverke til å nå måla om full barnehagedekning, lågare foreldrebetaling og god kvalitet i barnehagane. Tilskottet vart innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2011.

Rapport for 2012

Ein mindre del av løyvinga på kap. 231 post 60 vart halden utanfor innlemminga i rammetilskottet til kommunane i 2011 for å ta høgd for at nokre utbetalingar av driftstilskott for 2010 først ville bli gjennomførte i 2011 og 2012. Det vart i 2012 utbetalt om lag 406 000 kroner i driftstilskott til barnehagar.

Post 61 Investeringstilskott, overslagsløyving

Rapport for 2012

Investeringstilskottet for nye barnehageplassar vart avvikla frå 1. januar 2012, men det vart løyvt midlar på posten i 2012 for å ta høgd for eit etterslep av uhandsama søknader om investeringstilskott knytte til etableringa av barnehageplassar i 2011. Det vart i 2012 utbetalt om lag 48 mill. kroner i investeringstilskott til nye barnehageplassar.

Budsjettforslag for 2014

Søknadsfristen for å få investeringstilskott til plassar oppretta i 2011 var innan utgangen av 2012. Det er derfor ikkje behov for å løyve midlar på posten i 2014.

Post 63 Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

Tilskottet skal medverke til at kommunane kan utforme tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen både i og utanfor barnehagen, og skal samstundes motivere kommunane til å rekruttere fleire minoritetsspråklege barn til barnehagen. Tilskottet går mellom anna til å finansiere tospråklege assistentar i barnehagen og kompetanseutvikling for dei tilsette innanfor fleirkulturell praksis og tospråkleg utvikling hos barna. Tilskottet blir delt ut til kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage.

Mål for 2014

Målet er at minoritetsspråklege barn i førskolealderen skal få betre språkforståing.

Rapport for 2012

Totalt vart om lag 122 mill. kroner nytta over posten i 2012. Av desse vart 118 mill. kroner fordelte til kommunane. Det var om lag 34 400 minoritetsspråklege barn i barnehage i 2012. Dette er ein auke på 3 800 barn, nesten 13 pst., frå 2011. Auken har vore særleg sterk blant eitt- og toåringane. I det siste året har det vore 1 600 fleire minoritetsspråklege barn på eitt og to år, ein vekst på nesten 19 pst. Av dei minoritetsspråklege barna var det om lag 12 400 barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering. Dette er ein auke på 1 600 barn frå 2011. Delen minoritetsspråklege barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering, auka frå 35,2 pst. i 2011 til 36,1 pst. i 2012.

3 mill. kroner vart nytta til vidareføring av satsingar frå 2011 for å styrkje fleirkulturell praksis og fleirspråkleg utvikling i barnehagen. I tillegg vart Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) tildelt 1 mill. kroner til vidareutvikling av nettressursen morsmål.no.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 64 Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving

Rapport for 2012

Tilskottet til mellombelse lokale vart avvikla frå 1. januar 2012, men det vart løyvt midlar på posten i 2012 for å ta høgd for eit etterslep av uhandsama søknader om tilskott til mellombelse lokale knytte til etableringa av barnehageplassar i 2011. Det vart i 2012 utbetalt om lag 15 mill. kroner i tilskott til mellombelse lokale.

Budsjettforslag for 2014

Søknadsfristen for å få tilskott til mellombelse lokale til plassar oppretta i 2011 var innan utgangen av 2012. Det er derfor ikkje behov for å løyve midlar på posten i 2014.

Programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

177 584

242 402

290 360

19,8

253

Folkehøgskolar

685 582

718 206

743 343

3,5

254

Tilskott til vaksenopplæring

212 537

221 951

229 719

3,5

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra

65 698

67 856

139 623

105,8

256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

65 458

65 346

67 653

3,5

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

74 027

91 888

95 104

3,5

258

Tiltak for livslang læring

44 784

52 968

90 146

70,2

Sum kategori 07.50

1 325 670

1 460 617

1 655 948

13,4

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

3256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

12 863

10 654

11 027

3,5

Sum kategori 07.50

12 863

10 654

11 027

3,5

Innleiing

Eit høgt kunnskaps- og kompetansenivå i heile folket er grunnlaget for sosial utjamning og for at norske verksemder skal ha den kompetansen dei treng. Utdanning stimulerer til demokratisk deltaking, kulturell utvikling og til sjølvkjensle og identitet hos den einskilde. Det er derfor viktig å leggje til rette for at fleire vaksne skal kunne halde ved like og tileigne seg ny kunnskap og oppgradere kompetansen sin gjennom utdanning og opplæring.

Regjeringa vil arbeide for at fleire vaksne skal kunne kvalifisere seg til eit yrkesliv som er i stadig utvikling. Regjeringa ønskjer særleg å lyfte kunnskapsnivået for dei som treng det mest. Motivasjon, god rettleiing og fleksible ordningar for læring er viktige tiltak.

Kontakt og samarbeid på tvers av landegrensene er viktig for ytterlegare å styrkje kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. Kunnskap om språk og kultur er naudsynt for at det norske samfunnet, og spesielt næringslivet, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi. Samarbeid med andre land gir òg tilgang til den globale kunnskapsproduksjonen og medverkar til auka kvalitet og relevans i norsk utdanning og forsking. Departementet vil leggje til rette for at fleire elevar, lærlingar, studentar og tilsette ved lærestadene får internasjonal og fagleg kompetanse som vil vere nyttig for det norske samfunnet.

Regjeringa ønskjer eit godt fungerande utdannings- og opplæringssystem som rekrutterer breitt og har gode og innovative forskingsmiljø. Forskingsbasert kunnskap er avgjerande for at det norske utdanningssystemet skal kunne utvikle seg vidare i tråd med forventningane frå samfunnet.

Departementet ønskjer å medverke til at unge og vaksne kan utvikle forståing for demokrati, menneskerettar og kultur gjennom å støtte studieforbund, folkehøgskolar og arbeidet ved freds- og menneskerettssenter.

Fleire av aktivitetane som er omtalte under programkategori 07.50, blir òg omhandla under andre programkategoriar, og blir finansierte over budsjettkapittel utanfor 07.50.

Hovudprioriteringar for 2014

Internasjonalt samarbeid er viktig for å styrkje kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. På området utdanning og opplæring er deltaking i EUs utdanningsprogram eit sentralt verkemiddel. Regjeringa går derfor inn for at Noreg skal delta i Erasmus+, som er EUs utdannings- og ungdomsprogram for perioden 2014–20. Målet er at norske utdanningsinstitusjonar, elevar, lærlingar, studentar og lærarar og andre tilsette kan delta i samarbeidsprosjekt og utveksling i heile EØS-området, EUs kandidatland og i såkalla tredjeland utanfor Europa.

Kunnskapsdepartementet legg fram ein ny strategi for utdanningsforsking for perioden 2014–2019. Hovudmålet er å halde fram med å utvikle sterke og fleirfaglege forskingsmiljø med kompetanse og kapasitet til å dekkje kunnskapsbehov på viktige område innanfor utdanning og opplæring. Frå 2014 foreslår departementet å auke rammeløyvinga til utdanningsforskingsprogramma i Noregs forskingsråd med 5 mill. kroner for å styrkje forskinga på kvalitet i høgre utdanning.

Forsking viser at personar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring i større grad står i fare for å bli støytte ut av både utdanning og arbeidsliv. For å få meir og betre kunnskap om effekten av å gi arbeidssøkjarar tilbod om formell utdanning som fører til fagbrev, legg Kunnskapsdepartementet opp til å setje i verk ein intervensjonsstudie som skal måle langsiktige effektar av slik opplæring.

For å leggje betre til rette for at vaksne kan delta i og fullføre vidaregåande opplæring vil departementet føre vidare forsøka med vidaregåande opplæring i tilknyting til arbeidsplassen og frå 2014 utvide desse til fleire bransjar. I 2011 vart det starta opp utprøving av modellar for vidaregåande opplæring som fører til fagbrev for ufaglærte tilsette i helse- og omsorgssektoren og i barnehagesektoren. Erfaringane frå utprøvingane har så langt vore så positive for alle partar, at departementet frå 2014 legg opp til å starte opp liknande utprøvingar i transportnæringa, i servicenæringa og i primærnæringane.

Mål: Vaksne som treng det, får opplæring

Noreg har i dag ein arbeidsmarknad med høg produktivitet og høge kompetansekrav til arbeidskraft. Regjeringa ønskjer å medverke til at alle har høve til læring gjennom heile livet. Formålet er å hindre sosial ulikskap, medverke til at den einskilde skal ha tryggleik i arbeid og samfunnsdeltaking, og leggje til rette for at samfunnet skal få dekt kompetansebehova sine.

Tilstandsvurdering

Statistisk sentralbyrås (SSB) framskriving frå 2010 av kompetansebehovet i framtida viser at etterspurnaden etter delen av arbeidsstyrken som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har falle kraftig sidan 1970-åra. Delen sysselsette som berre har grunnskoleutdanning eller grunnkurs ligg an til å bli redusert frå 27 pst. i 2007 til 18 pst. i 2030. Samtidig ventar ein at arbeidsløysa i denne gruppa vil auke framover. I 2012 hadde 540 000 vaksne, eller 20 pst. av befolkninga mellom 25 og 66 år, grunnskole som si høgste fullførte utdanning. 43 pst. hadde fullført utdanning på vidaregåande utdanningsnivå, medan 37 pst. hadde fullført utdanning på universitets- eller høgskolenivå. Delen vaksne med grunnskole og vidaregåande opplæring som høgste utdanningsnivå går jamt og sakte nedover, medan delen med høgre utdanning aukar jamt.

Vaksne som treng det, har rett til grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 4A-1, og vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring, jf. § 4A-3. Likevel er det relativt få vaksne som gjer nytte av desse rettane sine. Ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet (Udir) var det i skoleåret 2011–12 til saman 10 300 vaksne som deltok i grunnskoleopplæring. 55 pst. av desse deltok i ordinær opplæring, medan 45 pst. fekk spesialundervisning. Det var om lag 200 færre vaksne i grunnopplæringa i 2011–12 enn i det førre skoleåret. I 2011–12 var det 20 300 vaksne som deltok i vidaregåande opplæring. Det er ein auke på 300 personar frå skoleåret 2010–11. Om lag 9 600 personar som var 25 år eller eldre, avla fag- og sveineprøve i 2011–12, viser tal frå SSB. Dette var om lag 700 fleire personar enn skoleåret før. For denne gruppa har talet på avlagde fag- og sveineprøver auka med 19 pst. i dei fem siste skoleåra. Av dei som gjekk opp til fag- og sveineprøva i 2011–12, bestod om lag 94 pst. prøva. Om lag tre av fire vaksne som går opp til fag- og sveineprøve, er praksiskandidatar.

Lærevilkårsmonitoren er ei årleg kartlegging av læring og kompetanseutvikling blant vaksne som SSB har gjennomført på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet sidan 2003. Statistikken viser at deltakinga i formell utdanning og kurs og anna ikkje-formell opplæring gjekk litt ned i åra 2008–10, medan ho har auka noko i 2011–12. Mest iaugefallande er den store skilnaden i deltakinga i kurs og anna opplæring mellom dei sysselsette og dei som står utanfor arbeidslivet. I 2012 deltok annankvar arbeidstakar i kurs og anna opplæring, medan berre kvar tiande utanfor arbeidslivet gjorde det same.

Tabell 4.8 Vaksnes deltaking i utdanning og opplæring, 2007–12

Type opplæring

Gruppe

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Formell utdanning

Sysselsette

13 %

13 %

11 %

11 %

12 %

13 %

Ikkje- sysselsette

20 %

19 %

18 %

17 %

19 %

21 %

Kurs og anna opplæring

Sysselsette

54 %

51 %

47 %

48 %

51 %

51 %

Ikkje- sysselsette

16 %

14 %

13 %

11 %

13 %

13 %

Frå 2012 har SSB ansvaret for å utarbeide og publisere statistikk om vaksnes læring ut frå Lærevilkårsmonitoren. SSB har gjort nokre metodiske endringar i berekninga av statistikken. Dette inneber at statistikken deira ikkje kan samanliknast direkte med dei tala Kunnskapsdepartementet tidlegare har nytta i Prop. 1 S, men trenden i deltakinga over tid er om lag den same.

Kjelde: SSB

Adult Education Survey er ei omfattande europeisk undersøking om vaksnes læring som blir gjennomført om lag kvart femte år. Undersøkinga vart sist gjennomført i Noreg i 2012 av SSB, og Kunnskapsdepartementet medverka til finansieringa. Resultata viser at 61 pst. av befolkninga i alderen 25–64 år deltok i utdanning eller opplæring, ein auke i deltakinga på seks prosentpoeng frå 2007. Berre Sverige, Luxemburg og Sveits har ei høgre deltaking i vaksnes læring.

Strategiar og tiltak

Sjølv om vaksne med rett til grunnopplæring har rett på at opplæringa skal vere tilpassa den einskildes behov, jf. opplæringslova § 4A, er det relativt få vaksne som deltek i slik opplæring. Departementet har i fleire år arbeidd med å utvikle fleire tiltak som kan medverke til at fleire vaksne får moglegheit til å delta i og fullføre vidaregåande opplæring. Ein oversikt over desse tiltaka er publisert i heftet «Grunnopplæring for vaksne 2005–13».

For å medverke til at fleire vaksne med låg formell utdanning skal kunne fullføre vidaregåande opplæring, har departementet sett i verk utprøving av modellar som skal leggje betre til rette for at vaksne kan delta i vidaregåande opplæring. I 2010 vart det i fire fylke sett i gong forsøk med vidaregåande opplæring for vaksne arbeidssøkjarar. I ein treårsperiode har fylkeskommunane, Nav, lokale verksemder og opplæringstilbydarar samarbeidd om å utvikle tilpassa modellar for vidaregåande opplæring for målgruppa. Erfaringane frå forsøka har vore positive, både når det gjeld deltakinga til målgruppa, etableringa av gode opplæringsmodellar, og samarbeidet mellom aktørane. Utdanningsdirektoratet (Udir) har forvalta forsøka og har tilrådd å breie ut erfaringane frå forsøka til alle fylka i landet. Etter ei heilskapleg vurdering har departementet i 2013 gitt eit slikt oppdrag i oppgåve til Udir. Tiltaket vil bli finansiert over kap. 258.

I 2011 vart det i fem fylke starta opp utprøving av modellar for vidaregåande opplæring i tilknyting til arbeidsplassen for ufaglærte tilsette i helse- og omsorgssektoren og i barnehagesektoren. Erfaringane frå utprøvingane har så langt vore så positive for alle partar, at departementet frå 2014 legg opp til å starte opp liknande utprøvingar av modellar for vidaregåande opplæring i tilknyting til arbeidsplassen i transportnæringa, i servicenæringa og i primærnæringane. Vox vil framleis forvalte forsøksordninga på nasjonalt nivå. Forsøka vil bli finansierte over kap. 258.

Ein viktig føresetnad for læringa til elevane er lærarar med høg fagleg og pedagogisk kompetanse. For å auke kvaliteten i vaksenopplæringa vil departementet setje av til saman 28 mill. kroner i perioden 2013–16 til kompetanseheving av lærarar og andre som underviser i vaksenopplæringa. Personar som underviser vaksne utanfor det formelle opplæringssystemet er òg omfatta av satsinga. Vox har fått i oppdrag å utvikle og setje i gang lokale etterutdanningstilbod for målgruppa. Tema for etterutdanninga skal i hovudsak vere vaksenpedagogikk og opplæring i grunnleggjande dugleikar. Utviklinga av tilbodet skal skje i nært samarbeid med Udir og supplere dei etter- og vidareutdanningstilboda Udir har fått i oppdrag å utvikle. Etterutdanningstilbodet gjennom Vox vil bli finansiert over kap. 258.

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) legg til rette for at personar med svake grunnleggjande dugleikar får opplæring i lesing, skriving, rekning og grunnleggjande IKT. Opplæringa skjer i tilknyting til arbeidsplassen. Ei evaluering frå 2012 av BKA-ordninga viser at deltakarane i stor grad er nøgde med kursa, og at bedriftene meiner at deltakarane gjer ein betre jobb som følgje av å ha delteke på BKA-kurs.

For at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet, gir departementet tilskott til opplæring gjennom studieforbund og til utvikling av metodar og kvalitet i fjernundervisninga.

Karriererettleiing skal medverke til meir informerte utdanningsval for den einskilde og ein kortare veg tilbake til arbeidslivet for arbeidssøkjarar. For å følgje opp St.meld. nr. 16 (2006–-2007) …og ingen stod igjen har Kunnskapsdepartementet gjennom tilskottsmidlar til fylkeskommunane stimulert til etablering av fylkesvise partnarskapar for karriererettleiing. Partnarskapane skal medverke til koordinering og samarbeid mellom ulike rettleiingsaktørar lokalt og betre kvaliteten på og tilgangen til karriererettleiing i fylka. Ei viktig målsetting for partnarskapane er å opprette karrieresenter. For å stimulere til vidare utvikling og eit likare tilbod i heile landet, vil departementet frå 2014 leggje om tilskottsordninga slik at ein del av tilskottet skal stimulere til oppretting av karrieresenter. Departementet legg opp til å auke tilskottet med 2 mill. kroner til 30 mill. kroner frå 2014, og flytte løyvinga til kap. 258 ny post 60.

Gjennom utdanningsforskingsprogrammet Utdanning2020 har Noregs forskingsråd i 2013 tildelt midlar til fire nye forskingsprosjekt om vaksnes læring og kompetanseutvikling. Departementet legg opp til å setje av til saman 28 mill. kroner i perioden 2012–16 for å fram meir kunnskap om vaksnes læring. Denne øyremerkte satsinga skal òg medverke til å styrkje kvaliteten og kapasiteten i norsk forsking på området, og til betre utnytting av internasjonalt komparative data om læring blant vaksne.

Forsking viser at personar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring i større grad står i fare for å bli støytte ut av både utdanning og arbeidsliv. For å få meir og betre kunnskap om effekten av å gi arbeidssøkjarar tilbod om formell utdanning som fører til fagbrev, legg Kunnskapsdepartementet opp til å setje i verk ein intervensjonsstudie som skal måle langsiktige effektar av slik opplæring.

Mål: Kunnskap om samfunnets kompetansebehov

God og regelmessig oppdatert kunnskap om behov for kompetanse er naudsynt for at utdanningssystemet skal kunne medverke til å utdanne den arbeidskrafta samfunnet treng i framtida. Tilgang til kompetent arbeidskraft er avgjerande for å halde oppe offentlege tenestetilbod av god kvalitet, og for at det skal vere mogleg for næringslivet å utvikle konkurransedyktige og miljøvennlege produkt og tenester.

Eit solid datagrunnlag, forsking og gode analysar er viktige verktøy for arbeids- og samfunnslivet generelt og for utdannings- og opplæringssektoren spesielt. Det er eit mål at kompetansepolitikken er innretta med omsyn til dei framtidige behova i arbeidsmarknaden og samfunnet.

Tilstandsvurdering

Det er behov for betre innsikt i framtidas kompetansebehov, både for å skape ein betre tilgang til etterspurd kompetanse i arbeidslivet, og for å bidra til betre utdanningsval hos den einskilde, jf. Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter. Statistisk sentralbyrå (SSB) har sidan 1990-åra utvikla og nytta makroøkonomiske modellar for å lage framskrivingar av tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft. Kunnskapsdepartementet har saman med Arbeidsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet inngått ein avtale med SSB om utvikling av modellar for framskriving av tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft og kompetanse. Oppgradering av modellen MOSART gjer det mogleg å simulere framtidig tilbod av arbeidskraft fordelt på ei rekkje utdanningstypar, og sjå i samanheng det samla tilbodet av og etterspurnaden etter arbeidskraft fordelt på ulike utdanningar. To rapportar frå 2010 og 2011 viser at det fram mot 2030 vil vere aukande etterspurnad etter arbeidarar med utdanning på universitets- og høgskolenivå, og frå yrkesfaglege studieretningar på vidaregåande opplæringsnivå. Desse trendane er stabile òg når det blir teke omsyn til moglege økonomiske kriser i perioden.

PIAAC – den internasjonale undersøkinga om lese- og talforståing er ei OECD-undersøking som måler befolkningas dugleikar og kompetanse i lesing, talforståing og problemløysing. Undersøkinga er den mest omfattande i sitt slag som har vore gjennomført, og ho gjer det mogleg å samanlikne dugleikar og kompetanse i den vaksne delen av befolkninga i Noreg og andre land. Resultata frå PIAAC vart publiserte 8. oktober og var ikkje offentlege da Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet vart trykt. Departementet vil framover vurdere tiltak for å følgje opp undersøkinga. Data frå undersøkinga vil i løpet av andre halvår 2013 bli gjorde tilgjengelege for forskarar i heile verda. Eit samarbeidsprosjekt mellom dei nordiske statistikkbyråa vil lage eit eige nordisk datasett frå undersøkinga og utarbeide ein eigen nordisk PIAAC-rapport.

Strategiar og tiltak

Statistisk sentralbyrås kvantitative framskrivingar av framtidas kompetansebehov er forenkla framstillingar om framtida som ein må analysere, bearbeide og formidle. I Meld. St. 18 (2012–2013) går regjeringa inn for å utvikle eit overordna system for analyse og formidling av kompetansebehov i arbeidslivet. Eit slikt system skal medverke til eit betre grunnlag for dimensjonering av utdanningstilboda, og å gi betre og meir informerte utdanningsval. Kunnskapsdepartementet har hausten 2013 oppretta eit prosjekt som i ein treårsperiode skal arbeide med å utvikle dette systemet. Prosjektet vil nytte framskrivingar frå SSB og forskarar, skape møteplassar og konferansar for diskusjon, og formidle informasjon til institusjonar, elevar og studentar med sikte på å få betre utdanningsval.

SSB vil i løpet av hausten 2013 publisere ei oppdatert framskriving av tilbod om og etterspurnad etter arbeidskraft fordelt på utdanningar. Rapporten vil vere eit viktig grunnlag for meir og oppdatert kunnskap om samfunnets kompetansebehov.

I 2012 lanserte OECD eit stort prosjekt kalla Skills Strategy, som skal hjelpe medlemslanda med å utvikle eller revidere kompetansepolitiske strategiar. Grunnelementa i Skills Strategy er å utvikle riktig kompetanse, få kompetanse inn i arbeidslivet, og bruke kompetansen meir effektivt i arbeidslivet. Data frå PIAAC-undersøkinga vil vere ei særs viktig datakjelde i prosjektet. Noreg er blant dei første landa som deltek i Skills Strategy, og på norsk side deltek fleire departement, offentlege etatar, arbeidslivets partar og andre relevante aktørar på kompetansefeltet. Kunnskapsdepartementet koordinerer den norske deltakinga i prosjektet, som etter planen skal avsluttast i 2014.

Departementet har fastsett eit nasjonalt heilskapleg kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Rammeverket klargjer forventa læringsutbyttet på alle utdanningsnivåa, frå grunnskole til doktorgrad. I løpet av første halvår 2014 vil NKR etter planen bli kopla til det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF), som beskriv åtte nivå av læringsutbytte og er eit verktøy for å kunne samanlikne utdanningssystemet i ulike land. Koplinga mellom NKR og EQF har vore meir tidkrevjande enn planlagd. Dette heng saman med framdrifta i tilsvarande koplingsprosessar i andre europeiske land.

Mål: Solid kunnskap om utdannings- og opplæringssektoren

Det overordna målet for utdanningsforskinga er å medverke til høgre kvalitet i barnehagane, i skolane, i høgre utdanning og i vaksenopplæringa. Gjennom å utvikle ny og relevant kunnskap av høg kvalitet skal utdanningsforskinga gi eit solid grunnlag for politikkutvikling og fornying, og motivere til ein endå meir kunnskapsbasert praksis i sektoren.

Tilstandsvurdering

Ifølgje NIFU-rapporten Utdanningsforskningen i Norge i 2011. Ressurser og resultater stod universiteta for 59 pst. av utdanningsforskinga i 2011, medan 29 pst. av forskinga vart utført av høgskolane og tolv pst. av instituttsektoren. Til saman finansierte det offentlege om lag 90 pst. av utdanningsforskinga. Målt i talet på avlagde doktorgradar i 2008–12 er grunnopplæringa det største forskingsområdet innanfor utdanningsforskinga, følgd av forsking på høgre utdanning, læring i arbeidslivet og barnehage. Forsking på barnehagefeltet har hatt den største veksten i dei siste åra. 58 pst. av utdanningsforskinga var knytt til tema innanfor undervisning, læring og utvikling, medan 15 pst. av forskinga handla om tilhøvet mellom utdanningssystemet, heimen og arbeidslivet.

Kunnskapsdepartementet har ei langsiktig satsing på forsking om utdanningssektoren gjennom forskingsprogramma Utdanning2020 og PRAKUT i Noregs forskingsråd. Prosjektporteføljen dekkjer heile utdanningsløpet med fagleg forankring innanfor pedagogikk, psykologi, samfunnsøkonomi, sosiologi og statsvitskap.

Utdanning2020 skal særleg medverke til å vidareutvikle utdanningsforskinga som eit fleirfagleg og tverrfagleg forskingsområde og få fram meir kvantitativ og empirisk forsking. Av særskilde satsingar gjennom Utdanning2020 vart det i 2012 løyvt 20 mill. kroner til eit nettverksbasert forskingsprosjekt om kvalitet og kvalitetsvurdering i norske barnehagar. Målet med prosjektet er å undersøkje kva effekt kvaliteten på barnehagen har for barnas trivsel og for den sosiale, kjenslemessige og kognitive utviklinga deira. Det vart òg sett i gang ei eiga satsing på forsking om vaksnes læring for perioden 2012–16. Satsinga skal utvikle ny kunnskap om vaksenopplæring, kompetanseutvikling i arbeidslivet, og deltaking i læringsaktivitetar på ulike arenaer i samfunnet.

Gjennom Utdanning2020 er det òg sett i verk særskilde tiltak for å styrkje internasjonaliseringa av norsk utdanningsforsking. Programmet har mellom anna gitt støtte til den nordiske fellessatsinga på utdanningsforsking gjennom programmet Education for Tomorrow. Dette er eit program som NordForsk, Nordisk Ministerråd og dei nasjonale forskingsråda i Norden har gått saman om.

Programmet Praksisretta utdanningsforsking – PRAKUT har ei særleg målsetjing om å heve kvaliteten i barnehagen, grunnopplæringa og lærarutdanningane gjennom praksisnær forsking. Programmet skal medverke til å styrkje FoU-kompetansen og kunnskapsgrunnlaget i lærarutdanningane. PRAKUT byggjer på erfaringane frå programmet PraksisFoU og har ansvaret for oppfølginga av ein del prosjekt frå dette førre programmet på feltet. Den nasjonale forskarskolen for lærarutdanning, NAFOL, blir finansiert gjennom PRAKUT. Programmet har lagt særleg vekt på formidling av forskingsresultat til lærarstudentar og barnehagelærarstudentar.

Eit ekspertpanel med forskarar frå Noreg, Sverige og Danmark har evaluert utdanningsforskingsprogramma PraksisFoU og Utdanning2020. Evalueringa viser at programma har medverka til å styrkje forskingskompetansen ved lærarutdanningane, og til at fleire fagdisiplinar no deltek i utdanningsforskinga. Analysen av prosjektporteføljen til Utdanning2020 viser at programmet så langt har god måloppnåing når det gjeld å utvikle utdanningsforskinga som eit fleirfagleg og tverrfagleg forskingsområde. Programmet har òg lyft område det tidlegare har vore forska lite på, som barnehagen, fag- og yrkesopplæringa og høgre utdanning. Når det gjeld PraksisFoU, finn ekspertpanelet at den praksisretta forskinga om barnehagen, grunnopplæringa og lærarutdanningane har auka i volum, og at programmet har medverka til at vi har fått eit breiare og meir solid kunnskapsgrunnlag for utvikling av politikk og tiltak. Samstundes peiker evalueringa på at det er behov for å styrkje kvaliteten, kompetansen og kapasiteten i utdanningsforskinga på fleire område. Mellom anna er det behov for å vidareutvikle den praksisretta forskinga, og å styrkje samarbeidet mellom fag- og forskingsmiljø, både nasjonalt og internasjonalt. Evalueringa tilrår vidare å samle Utdanning2020 og PRAKUT i eitt forskingsprogram.

Strategiar og tiltak

Kunnskapsdepartementet legg fram ein ny strategi for utdanningsforsking for perioden 2014–19, som vedlegg til budsjettproposisjonen, sjå del III. Strategien byggjer på og er ei vidareutvikling av den førre strategien Kunnskap for kvalitet 20082013, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet. Strategien vil vere eit viktig styringsverktøy for departementet når det gjeld forsking om og for eigen sektor. Hovudmålet er å halde fram med å utvikle sterke og fleirfaglege forskingsmiljø med kompetanse og kapasitet til å dekkje kunnskapsbehov på viktige område innanfor utdanning og opplæring. Det er eit mål å heve kvaliteten på og relevansen i utdanningsforskinga ytterlegare og leggje til rette for dristigheit og fornying i forskinga. Vidare legg departementet vekt på å styrkje formidlinga av resultat frå nasjonal og internasjonal utdanningsforsking og stimulere til auka bruk av forskinga i utdannings- og opplæringssektoren.

Som ei oppfølging av ekspertevalueringa av utdanningsforskingsprogramma i Noregs forskingsråd, er det vedteke å slå saman Utdanning2020 og PRAKUT til eitt program. Organisering i eit nytt, samanslått program på utdanningsområdet skal medverke til å styrkje koplinga mellom strategisk grunnforsking, anvend forsking og innovasjon, og leggje til rette for betre samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon av ressursar på feltet. Forskarskolen NAFOL vil vere ein del av det nye programmet. Departementet legg opp til at det nye utdanningsforskingsprogrammet får ei rammeløyving på 68,3 mill. kroner i 2014. Dette er ein auke på 7,5 mill. kroner frå 2013. Programmet vil i 2014 bli finansiert over kap. 226 post 21, kap. 231 postane 21 og 51, kap. 258 post 21, kap. 281 post 50 og kap. 286 post 52.

Departementet vil styrkje utdanningsforskinga om høgre utdanning. Samanlikna med omfanget av forskinga på grunnskolen og vidaregåande opplæring blir det forska relativt lite på høgre utdanning. Det er for lite kunnskap om kvaliteten i høgre utdanning og korleis undervisninga og læringa går føre seg ved institusjonane. Kvalitetsreforma vart innført i 2003 og innebar omfattande endringar i norsk høgre utdanning. Mellom anna vart det innført ein ny gradsstruktur, tettare oppfølging av studentane og nye eksamens- og evalueringsformer. Målet med reforma var å styrkje kvaliteten på norsk høgre utdanning, men det har vore forska lite på om dette målet er nådd. Departementet vil auke rammeløyvinga til det nye utdanningsforskingsprogrammet med 5 mill. kroner årleg til ei styrking av forskinga på høgre utdanning. I 2014 vil satsinga gå til ei evaluering som skal gi meir kunnskap om kvaliteten i høgre utdanning og gi råd om vegen vidare. Sjå òg omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Kunnskapssenter for utdanning vart offisielt opna våren 2013. Oppgåva til senteret er å ha oversikt over nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa. Senteret skal òg samanstille forsking, lage kunnskapsoversyn og gjere tilgjengeleg den mest robuste forskinga på måtar som tek omsyn til skilnader i kompetanse, kunnskapskulturar og behov i dei aktuelle brukargruppene. Direktør for Kunnskapssenter for utdanning tiltredde hausten 2012, og same året tok senteret over ansvaret for Nasjonalt forum for utdanningsforsking. Kunnskapssenter for utdanning vil i 2014 bli finansiert over kap. 226 post 21 og kap. 258 post 21.

Hausten 2012 vart ei ny eining for pedagogiske målingar oppretta ved Universitetet i Oslo. Namnet til eininga vil vere Centre for Educational Measurement at University of Oslo (CEMO), og ho skal medverke til å styrkje den psykometriske forskinga i Noreg. Senteret skal medverke til nasjonal kompetanseutvikling innanfor pedagogiske målingar og utdanne kandidatar på mastergrads- og doktorgradsnivå. CEMO skal òg utvikle og formidle kunnskap til utdannings- og opplæringssektoren. Senteret vil i 2014 bli finansiert over kap. 226 post 21.

Det handlingsretta forskingsprogrammet FORFI skal gi eit betre kunnskapsgrunnlag for forskings- og innovasjonspolitikken, noko som igjen kan føre til meir effektiv utnytting av resultat og ressursar frå forsking. Programmet vart sett i drift i 2010, og skal gå over fem år med eit samla budsjett på om lag 50 mill. kroner. Sjå omtale under programkategori 07.70 Forsking.

For å medverke til eit kvalitetslyft i helse- og sosialfaga og styrkje forskinga på profesjonsfaga har regjeringa etablert PraksisVEL, som er ei satsing gjennom Noregs forskingsråd på praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene. Sjå nærmare omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Mål: Fremming av internasjonal mobilitet og forståing for menneskerettane og kultur

Gjennom internasjonal aktivitet, inkludert norsk deltaking i internasjonale mobilitetsprogram, vil departementet leggje til rette for at elevar, lærlingar, studentar, lærarar og tilsette i utdanningssystemet får høve til å skaffe seg internasjonal kompetanse og fagleg utbytte i ei global verd. Departementet ønskjer å fremme deltaking i demokratiske prosessar og forståing for menneskerettane, fred og kultur gjennom å gi tilskott til studieforbund, folkehøgskolar og freds- og menneskerettssenter.

Tilstandsvurdering

Kontakt og samarbeid på tvers av landegrensene er viktig for å ytterlegare styrkje kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. Kunnskap om språk og kultur er nødvendig for at det norske samfunnet, og spesielt næringslivet, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi. Samarbeid med andre land gir òg tilgang til den globale kunnskapsproduksjonen og medverkar til auka kvalitet og relevans i norsk utdanning og forsking. Internasjonalt samarbeid er derfor ein viktig del av norsk utdanningspolitikk. Gjennom norsk deltaking i internasjonale utvekslingsprogram legg departementet til rette for at elevar, studentar og tilsette ved lærestadene får høve til å skaffe seg internasjonal kompetanse og fagleg utbytte.

Deltaking i EUs utdanningsprogram er eit svært viktig verkemiddel for å oppnå desse utdanningspolitiske målsetjingane. Sidan tidleg i 1990-åra har norsk deltaking i EUs utdanningsprogram lagt til rette for at fleire tusen elevar, lærlingar, studentar, lærarar og andre tilsette ved norske utdanningsinstitusjonar har kunna reise ut i Europa. Deltakinga har òg gitt norske skolar, universitet og høgskolar tilgang til eit omfattande nettverk med europeiske samarbeidspartnarar. Sidan 1992 har alle norske høgre utdanningsinstitusjonar bygd opp europeiske samarbeidsavtalar. Eksempelvis har Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og NTNU til saman 1 600 samarbeidsavtalar i tilknyting til EUs utdanningsprogram.

Freds- og menneskerettssentra medverkar til å formidle demokratiske verdiar og holdningar til barn og unge. Gjennom utstillingar og pedagogiske undervisningsopplegg gir dei kvart år opplæring til fleire tusen elevar i grunnopplæringa. I 2012 deltok om lag 20 000 elevar frå grunnopplæringa i opplæring i regi av sentra. Fleire av sentra tilbyr òg opplæring for studentar og lærarar. Sentra har ulik profil, nyttar ulike verkemiddel og har forskjellige pedagogiske opplegg som dei presenterer for elevane. Felles for alle sentra er at dei på bakgrunn av erfaringar frå tidlegare konfliktar og krigar ønskjer å fremme dialog, samhandling og forståing.

Dei 77 folkehøgskolane i Noreg er eit alternativ og supplement til det formelle utdanningssystemet. I dei seinare åra har det totale elevtalet på folkehøgskolane lege på 6 000–7 000 årselevar, det vil seie rundt ti pst. av eit årskull 19-åringar. Eit år på folkehøgskole kan for mange unge gi moglegheit til å utvikle seg i ein modningsfase i overgangen til vaksenlivet.

Strategiar og tiltak

Regjeringa går inn for at Noreg deltek i Erasmus+, EUs utdannings- og ungdomsprogram for perioden 2014–20. Dette vil medverke til at norske elevar, studentar og tilsette i utdannings- og opplæringssektoren i Noreg framleis kan reise utanlands for å skaffe seg verdifull kompetanse. Samstundes vil Noreg kunne ta imot europeiske elevar og studentar som medverkar til eit meir internasjonalt læringsmiljø her heime. For norske skolar, universitet og høgskolar gir deltakinga i EUs utdanningsprogram tilgang til eit omfattande nettverk av europeiske samarbeidspartnarar, og dette vil medverke til fagleg kvalitetsutvikling ved institusjonane.

Departementet gir støtte til drift og utvikling av sju freds- og menneskerettssenter. Desse sentra skal medverke til formidling, dokumentasjon og forsking på områda fred, menneskerettar, fangehistorie og folkemord, og gjere sitt til at elevar i grunnopplæringa kan få opplæring i demokratiske verdiar og holdningar. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 vedtok Stortinget tilleggsløyvingar til fleire av sentra som blir finansierte over kap. 255.

Narviksenteret fekk tilsegn om tilskott på inntil 81,5 mill. kroner til nye lokale på Narvik Torv. Etter planen skal arbeidet med det nye bygget starte hausten 2013 og avsluttast i 2015.

For å sørgje for nødvendig vedlikehald og betre utnytting av bygningsmassen til Villa Grande fekk Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) eit tilskott på 20 mill. kroner.

Stiftelsen Arkivet fekk eit tilskott på 2 mill. kroner til nødvendig vedlikehald og investering i formidlingsutstyr, og Falstadsenteret fekk eit tilskott på 1 mill. kroner for å leggje til rette Kommandantboligen på Falstad for formidlingsarbeid.

Departementet gir òg støtte til drift av folkehøgskolar. Folkehøgskolane legg vekt på allmenndanning og folkeopplysning. Pedagogisk fridom er eit særtrekk ved folkehøgskolane, som er eksamensfrie og ubundne av pensum.

Kap. 252 EUs utdannings- og ungdomsprogram

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Tilskott

177 584

242 402

290 360

Sum kap. 0252

177 584

242 402

290 360

Post 70 Tilskott

Løyvinga på posten dekkjer kontingenten for norsk deltaking i EUs program for livslang læring (LLP). Sjølv om programperioden for LLP er ferdig i 2013, vil det framleis vere kostnader i dei kommande åra knytte til prosjekt som enno ikkje er avslutta. Frå 2014 foreslår regjeringa at posten òg skal dekkje Noregs kontingent til deltaking i EUs utdannings- og ungdomsprogram Erasmus+, føresett tilslutning frå Stortinget.

Mål for 2014

Internasjonalt samarbeid om utdanning og opplæring er viktig for ytterlegare å styrkje kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. Deltaking i EUs utdanningsprogram er eit sentralt verkemiddel for å oppnå dette, og er ein viktig del av norsk utanrikspolitikk, jf. Meld. St. 5 (2012–2013) EØS-avtalen og Norges øvrige avtaler med EU. Regjeringa går derfor inn for at Noreg skal delta i Erasmus+, som er EUs utdannings- og ungdomsprogram for perioden 2014–20.

Erasmus+ vil gi moglegheiter til å delta i samarbeidsprosjekt og utveksling i heile EØS-området, EUs kandidatland og land utanfor dette området. Programmet omfattar både mobilitet og institusjonssamarbeid. Målgruppa er i hovudsak norske elevar, lærlingar, studentar, lærarar og tilsette i utdanningssystemet, barn og unge, og tillitsvalde og tilsette i barne- og ungdomsorganisasjonar.

Norsk deltaking vil gi norske skolar, universitet, høgskolar og andre aktørar tilgang til eit omfattande nettverk av samarbeidspartnarar av høg kvalitet.

Rapport for 2012

I perioden 2007–13 deltek Noreg i EUs program for livslang læring – Action Programme in the field of Lifelong Learning (LLP). LLP dekkjer heile utdanningsløpet frå barnehage til vaksenopplæring og består av fire sektoraktivitetar: Comenius, Leonardo da Vinci, Erasmus og Grundtvig. Alle dei fire sektoraktivitetane i LLP medverkar til å stimulere den faglege utviklinga til institusjonane, elevane, dei tilsette og studentane. Dette byggjer opp under den norske utdanningspolitikken si vektlegging av internasjonalt samarbeid som eit viktig verkemiddel. Språkkompetanse og kulturkunnskap er svært viktig for at næringslivet og samfunnet skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi, og for at nyutdanna skal vere kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv.

Aktivitetane under LLP er omfattande og mangfaldige. I rapporten nedanfor har departementet valt å trekkje fram nokre av dei største aktivitetane. For ytterlegare informasjon om aktivitetar under LLP viser departementet til rapportar frå Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Comenius er eit program for samarbeid mellom barnehagar, grunnskolar og vidaregåande skolar i europeiske land. Programmet gir økonomisk støtte både til personar og til institusjonar. Etter at den årlege deltakinga har vore nokolunde stabil i åra 2008–11, var det ein markant auke i talet på deltakarar og i talet på søknader om partnarskap frå 2011 til 2012. 2 328 personar deltok i utveksling gjennom Comenius-partnarskapar i 2012. Dette var ein auke på 24 pst. frå 2011 og ein auke på 33 pst. frå 2008. Til saman har nesten 10 000 personar delteke i Comenius-partnarskapar så langt i programperioden. Auken i 2012 kjemt først og fremst av at fleire vidaregåande skolar har søkt om Comenius-partnarskap. I 2012 kom 47 pst. av søknadene frå vidaregåande skolar mot 42 pst. i 2011. Denne auken kan tyde på at målretta informasjon og samarbeid med skoleeigarane har gitt konkrete resultat.

Leonardo da Vinci er eit program for samarbeid innanfor fag- og yrkesopplæringa i EU. Programmet legg til rette for kompetanseutvikling gjennom utplassering i bedrifter eller i yrkesfaglege utdanningsinstitusjonar i europeiske land. Mange norske utdanningsinstitusjonar og bedrifter bruker ordninga som eit verkemiddel for å auke rekrutteringa innanfor ulike fag, fremme lærelyst og motivasjon, og førebu norske elevar og lærlingar på arbeid ved fleirkulturelle arbeidsplassar. I 2012 auka talet på deltakarar frå 920 i 2011 til 1 240, ein auke på 34,8 pst. Talet på søknader har auka svakt i same periode, men kvar søknad omfattar fleire deltakarar i 2012. Sidan oppstartsåret 2008 har talet på deltakarar auka med 83,7 pst., og til saman har om lag 4 400 personar delteke i mobilitetsprosjekt i Leonardo da Vinci-programmet. Det er flest deltakarar frå helse- og oppvekstfag, medan det er færrast deltakarar frå medie- og kommunikasjonsfag. Dei norske programdeltakarane var i 2012 utplasserte i til saman 292 mottakarinstitusjonar i 31 partnarland i Europa.

Erasmus er EUs program for samarbeid innanfor høgre utdanning. Programmet gir økonomisk støtte til institusjonar slik at både studentar og tilsette ved institusjonane får moglegheit til å studere eller arbeide i Europa. Dei aller fleste norske høgre utdanningsinstitusjonar har tilgang til deltaking i Erasmus’ mobilitetsaktivitetar. Det har vore ei positiv utvikling i studentutvekslinga ut frå Noreg i dei siste åra. I studieåret 2011–12 var det 1 690 Erasmus-studentar frå Noreg som reiste utanlands. Dette var ein auke på 10,5 pst. samanlikna med førre studieåret og ein auke på 46,4 pst. samanlikna med 2007–08. Til saman har litt over 7 000 Erasmus-studentar frå Noreg reist utanlands så langt i programperioden. Talet på Erasmus-studentar som reiser inn til Noreg, har auka litt meir i denne perioden med 52,7 pst. Derimot har talet på innreisande studentar lege på eit høgre nivå og auka frå 2 847 i 2007–08 til 4 135 i 2011–12, slik at til saman 18 500 Erasmus-studentar har reist inn til Noreg sidan 2007–08. Innreisande studentar, lærarar og tilsette er eit viktig instrument for internasjonalisering av utdanninga heime. I studieåret 2011–12 var det 617 tilsette som reiste utanlands til ein annan institusjon. Dette er om lag same tal som førre studieår, medan auken frå oppstartsåret 2007–08 er på 28 pst. Totalt har om lag 2 750 lærarar og tilsette ved universitet og høgskolar reist utanlands gjennom Erasmus-programmet under LLP. Dei mest populære utreisemåla blant studentane er framleis Tyskland og Frankrike. Tyskland er det utreisemålet som har hatt størst auke det siste året. Ifølgje Europakommisjonen var det til saman over 250 000 europeiske studentar som studerte eller hadde praksisopphald gjennom Erasmus i studieåret 2011–12.

Grundtvig er EUs program for samarbeid mellom institusjonar og organisasjonar som legg til rette for læring blant vaksne. Gjennom økonomisk støtte gjer ordninga det mogleg å samarbeide med andre europeiske land for å lære meir om læring blant vaksne. I 2012 var det 320 deltakarar gjennom Grundtvig-partnarskapar. Dette var ein auke i deltakinga på 40,4 pst. samanlikna med 2011, og det er det største deltakartalet sidan programmet starta opp i 2007. SIU har i dei siste åra arbeidd målretta for å auke deltakinga i Grundtvig, både gjennom samarbeid med relevante fagmiljø og gjennom oppsøkjande arbeid. Til saman har om lag 1 200 personar delteke i partnarskapar i Grundtvig-programmet så langt i programperioden.

Tabell 4.9 Deltaking i EUs program for livslang læring, 2007–12

Studieår

2007–08

2008–09

2009–10

2010–11

2011–12

Endring i perioden

Erasmus

Utreisande studentar

1 154

1 410

1 356

1 529

1 690

46,4 %

Innreisande studentar

2 847

3 402

3 865

4 281

4 347

52,7 %

Utreisande lærarar og tilsette

482

477

561

615

617

28,0 %

Innreisande lærarar og tilsette

448

482

670

660

632

41,1 %

Kalenderår

2008

2009

2010

2011

2012

Endring i perioden

Comenius

Deltakarar i partnarskapar

1 748

1 760

1 920

1 876

2 328

33,2 %

Grundtvig

Deltakarar i partnarskapar

228

240

216

228

320

40,4 %

Leonardo da Vinci

Deltakarar i mobilitetsprosjekt

675

762

801

920

1 240

83,7 %

Kjelde: Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU)

Budsjettforslag for 2014

Regjeringa går inn for norsk deltaking i EUs utdannings- og ungdomsprogram Erasmus+ i programperioden 2014–20. Erasmus+ slår saman og byggjer på EUs program for livslang læring (LLP), Erasmus Mundus og Aktiv Ungdom. For meir informasjon om dei to siste programma, sjå rapport under høvesvis kap. 281 post 73, og kap. 857 post 79 i Prop. 1 S (2013–2014) for Barne,- likestillings- og inkluderingsdepartementet. Frå 2014 kjem i tillegg ein ny sektoraktivitet på idrettsområdet. Dessutan vil samarbeidet med land utanfor EU, EFTA/EØS-landa og EUs kandidatland i større grad bli integrerte i Erasmus+ enn i tidlegare program. Noregs deltaking i Erasmus+ føreset tilslutning frå Stortinget. Departementet vil fremme ein stortingsproposisjon om saka etter at programmet er endeleg vedteke i EUs organ. I proposisjonen vil det komme ytterlegare omtale av innhaldet i programmet.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUFdir) vil vere norske nasjonalkontor i programmet. Sjå omtale av SIU under kap. 280 post 50.

Kontingenten for norsk deltaking i Erasmus+ er berekna til 219,8 mill. kroner i 2014 og er foreslått samla på denne posten.

Sjølv om programperioden for EUs program for livslang læring (LLP) blir avslutta i 2013, vil det framleis vere kostnader i dei kommande åra knytte til prosjekt som enno ikkje er avslutta. For 2014 er det berekna at desse kostnadene vil vere på 62 mill. kroner.

Vidare er det sett av 8,6 mill. kroner som skal dekkje kostnadene for fem norske nasjonale ekspertar på utdanningsområdet til Erasmus+ og LLP.

Departementet foreslår å løyve til saman 290,4 mill. kroner over posten i 2014.

Kap. 253 Folkehøgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Tilskott til folkehøgskolar

680 135

712 579

737 519

71

Tilskott til Folkehøgskolerådet

4 240

4 380

4 533

72

Tilskott til nordiske folkehøgskolar

1 207

1 247

1 291

Sum kap. 0253

685 582

718 206

743 343

Post 70 Tilskott til folkehøgskolar

Folkehøgskolane er eit supplement til den læringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet. Skoleslaget har lange tradisjonar i Noreg, og den første skolen vart oppratta i 1864. Tilskottet er tredelt. Basistilskottet er likt for kvar folkehøgskole. Elevtilskottet blir fastsett på grunnlag av gjennomsnittleg elevtal for dei tre åra før det føregåande året. Tilskott til husleige blir fordelt etter innstilling frå Folkehøgskolerådet. I tillegg får fire folkehøgskolar, der ein stor del av elevane har redusert funksjonsevne, eit særskilt tilskott for desse elevane. Tilskottsordninga til folkehøgskolane er budsjettstyrt.

Folkehøgskolane gir tilbod om langkurs på 16,5 veker eller meir og kortkurs på minst tolv timar. Føresegner om kursordningar, elevrapportering, tilskottsmodell m.m. er gitt i forskrifta til folkehøgskolelova.

Mål for 2014

Målet med tilskottet er å fremme allmenndanning og folkeopplysning gjennom å medverke til at det kan opprettast og drivast folkehøgskolar.

Rapport for 2012

Det er totalt 77 folkehøgskolar spreidde over heile landet. Talet inkluderer Nordnorsk Pensjonistskole og Norsk senter for seniorutvikling, som begge er godkjende som folkehøgskoleliknande tiltak og får tilskott etter folkehøgskolelova. Folkehøgskolane har ikkje eksamen, og elevane bur i internat på skolen. Skolane fastset sitt eige verdigrunnlag, og dei har pedagogisk fridom. Folkehøgskolane har ulike typar kurs på ei rekkje område. Størsteparten av kursa er langkurs som varer i 95 dagar eller meir, fordelte over minst 16 og ei halv veke. I tillegg har skolane kortkurs, som varer i minst to dagar og maksimum 94 dagar.

Tabell 4.10 Elevar i folkehøgskolar

Elevtal i folkehøgskolane 2008–12

2008

2009

2010

2011

2012

Elevar med langkurs (vår og haust)

12 014

13 160

13 840

14 747

14 496

Elevar med kortkurs

16 846

19 011

19 049

17 039

18 121

Sum elevar

28 863

32 171

32 889

31 786

32 617

Årselevar langkurs

6 291

6 539

6 945

7 077

6 957

Årselevar kortkurs

714

794

745

676

712

Sum årselevar

7 005

7 333

7 690

7 753

7 669

Sum godkjende årselevar / fast elevtal

6 851

7 280

7 608

7 695

7 595

Tilskottselevar

7 181

7 136

6 989

7 063

7 304

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskolane. Rådet har eit fast sekretariat. Tilskottet medverkar til at Folkehøgskolerådet kan ta hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å medverke til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling innanfor skoleslaget. Rådet har i tråd med oppdrag i tilskottsbrevet gitt innstilling til fordeling av husleigetilskott, og har dessutan avlasta departementet og Utdanningsdirektoratet ved å gi råd og rettleiing til skolane.

Tilskottet inkluderer finansiering av ei stilling som internasjonal sekretær, overført frå kap. 226 post 21 i 2012. Mange av folkehøgskolane har eit internasjonalt engasjement. Stillinga som internasjonal sekretær i Folkehøgskolerådet inneber ei koordinerande rolle overfor den einskilde skolen gjennom faglege tilbod, informasjonsarbeid, prosjektstønad, studieturar mv.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar

Tilskottet medverkar til at det kan drivast nordisk folkehøgskoleverksemd. Tilskottet går til dekning av utgifter til norske lærarressursar ved Nordiska folkhögskolan i Kungälv og til norsk deltaking på kursa ved Den Nordiske Folkehøgskolen i Genève.

Nordiska folkhögskolan i Kungälv vart etablert i 1947 for å styrkje nordisk samkvem. Skolen skal mellom anna medverke til å utvikle dei skapande evnene til elevane og auke solidarisk medverking i samfunnsutviklinga i Norden og elles i verda.

Den Nordiske Folkehøgskolen i Genève skal auke samarbeidet om og forståinga for det nordiske samarbeidet og internasjonale politiske prosessar, samstundes som deltakarane skal få meir kunnskap om FN-organisasjonen ILO og arbeidet for eit globalt anstendig arbeidsliv. Sidan 1931 har tillitsvalde i fagrørsla fått tilbod om kurs i internasjonale arbeidslivsforhold knytte til årskonferansen i ILO. Genèveskolen er eit viktig tilbod til aktive medlemmer i fagrørsla.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Tilskott til studieforbund

184 951

189 054

195 671

71

Tilskott til nettskolar

13 716

15 169

15 700

72

Tilskott til studiesenter

3 996

6 128

6 342

73

Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

9 874

11 600

12 006

Sum kap. 0254

212 537

221 951

229 719

Post 70 Tilskott til studieforbund

Livslang læring finn stad på mange arenaer, og opplæring i og gjennom frivillig sektor er ein viktig læringsarena for mange vaksne. Gjennom tilskott til studieforbund og frivillige organisasjonar ønskjer regjeringa å leggje til rette for at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet. Tilskottet medverkar til å finansiere opplæring i regi av frivillig sektor, og skal føre til reduserte opplæringskostnader for deltakarane. Opplæringa skjer i regi av 15 landsdekkande studieforbund og dei om lag 430 medlemsorganisasjonane deira. Desse organisasjonane består av frivillige og ideelle organisasjonar og har til saman tusenvis av lokallag spreidd over heile landet. Blant desse organisasjonane er ideelle opplæringstilbydarar, fagforeiningar, barne- og ungdomsorganisasjonar, samiske organisasjonar, idrettslag, korps, kor, religiøse organisasjonar, og medlemsorganisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne.

Tilskottsordninga blir forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk.

Mål for 2014

Formålet med tilskottet til studieforbund er å fremje livslang læring gjennom å leggje til rette for organiserte læringsaktivitetar på sida av det formelle utdanningssystemet. Tilskottet skal medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne. I samsvar med vaksenopplæringslova skal studieforbunda drive opplæringsaktivitet på grunnlag av desse overordna måla:

  • medverke til å halde ved like og styrkje demokratiet og leggje grunnlaget for ei berekraftig utvikling ved å engasjere og utvikle aktive medborgarar

  • gjere det mogleg for menneske å påverke sin eigen livssituasjon

  • kjempe mot utstøyting og medverke til inkludering

  • medverke til motivasjon og tilgang til kunnskap og kompetanse for alle og slik møte behov i eit samfunn og arbeidsliv i stadig endring

  • styrkje det kulturelle mangfaldet og auke deltakinga i kulturlivet

  • vere ein sjølvstendig arena for læring og eit supplement til offentlege utdanningstilbod for vaksne

Ein mindre del av tilskottet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjende studieforbund eller nettskolar, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.

Departementet vil i 2014 starte eit arbeid med å vurdere korleis tilskottsordninga, herunder lov og forskrift, kan utviklast for å betre måloppnåinga og gi ei meir effektiv forvaltning. Arbeidet vil skje i dialog med Vaksenopplæringsforbundet (VOFO), som er fellesorganisasjonen for studieforbunda, jf. post 73.

Rapport for 2012

Vaksenopplæringslova som vart gjeldande frå 2010, innførte nye krav til godkjenning av studieforbund. I overgangsperioden 2010–12 måtte studieforbunda søkje om ny godkjenning, og talet på godkjende studieforbund gjekk ned frå 21 studieforbund ved starten av 2010 til 14 studieforbund ved utgangen av 2012. Nokre studieforbund slo seg saman i løpet av overgangsperioden, medan andre mista godkjenninga si.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) rapporterte studieforbunda om ein samla aktivitet på 42 400 kurs og 1,35 mill. kurstimar i 2012. Det var ein svak reduksjon på 0,6 pst. i talet på kurs med rett til tilskott, medan talet på kurstimar gjekk ned med 3,5 pst. frå 2011 til 2012. Talet på kurs og omfanget av kurstimar ser like fullt ut til å ha auka og ha stabilisert seg på eit høgre nivå i åra 2010–12 samanlikna med nedgangsperioden i åra fram til og med 2009. Talet på deltakarar var 478 000 i 2012. Det var ein auke på 1,5 pst. frå 2011 og 1,7 pst. frå botnåret 2009. Til og med 2009 måtte eit kurs vare i minst tolv timar og ha minst fem deltakarar for å kunne få tilskott og inngå i statistikken. Frå 2010 går grensa ved åtte timars varigheit, og minstekravet til talet på deltakarar er fjerna. Statistikken kan tyde på at endringa i tilskottsordninga har ført til fleire kurs og fleire kurstimar, medan talet på deltakarar er meir eller mindre uendra.

Tabell 4.11 Aktivitet og deltaking i studieforbunda, 2008–12

2008

2009

2010

2011

2012

Deltakarar

483 000

470 000

504 000

471 000

478 000

Kurs

36 300

35 900

40 200

42 600

42 400

Kurstimar

1 230 000

1 200 000

1 310 000

1 400 000

1 350 000

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

Som i tidlegare år var kursa innanfor estetiske fag og handverksfag dei mest populære. I 2012 deltok 46 pst. av deltakarane på slike kurs. 19 pst. deltok i kurs innanfor organisasjons- og leiingsfag, og elleve pst. innanfor helse-, sosial- og idrettsfag. Talet på timar med tilretteleggingstilskott steig med om lag elleve pst. frå 2011 til 2012.

Studieforbunda skal i årsmeldinga si rapportere på dei seks overordna måla som er fastsette i vaksenopplæringslova § 6. For aktivitetsåret 2012 bad Vox studieforbunda om å rapportere etter ein felles mal for å få ei mest mogleg heilskapleg rapportering. Spørsmåla i malen var knytte både til studieforbundas faste arbeid i høve til måla, og til endringar og resultat i rapporteringsåret. Rapportane frå studieforbunda er svært ulike i innhald, kvalitet og omfang, men samla sett er rapporteringa no meir informativ enn tidlegare. Nokre studieforbund viser til handlingsplanar og korleis dei arbeider med å gjere måla kjende i organisasjonen. Nokre studieforbund har prioritert einskilde mål, men dei fleste knyter verksemda til alle måla i lova. Fleire av studieforbunda gir eit oversyn over kursemne som blir knytte til dei ulike måla. Svara varierer mest når det gjeld målet «Å være en selvstendig arena for læring og et supplement til offentlige utdanningstilbud for voksne». Nokre studieforbund opplyser at dei i liten grad driv med eller ønskjer å drive med skoleparallelle kurs, medan andre identifiserer seg sterkt med dette målet. Som tidlegare år syner rapporteringa for 2012 at det er vanskeleg for studieforbunda å rapportere konkret i høve til dei generelle målformuleringane i vaksenopplæringslova § 6. Vox skal arbeide vidare med rapporteringa frå studieforbunda.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Post 71 Tilskott til nettskolar

Tilskottet skal medverke til at godkjende nettskolar kan utvikle og utvide moglegheitene for fleksibel, livslang læring gjennom utvikling av metodar og kvalitet i fjernundervisninga. Nettskolar som er godkjende ut frå krava i vaksenopplæringslova, kan søkje om tilskott. Fellesorganet for nettskolane, Fleksibel utdanning Norge (FuN), tidlegare Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning (NFF), skal gi ei fagleg vurdering av bruk og fordeling av det årlege tilskottet, og innstiller til Vox, som forvaltar løyvinga. Sjå òg omtale under post 73.

Mål for 2014

I samsvar med vaksenopplæringslova skal tilskottet medverke til at nettskolane kan

  • utvikle fjernundervisning som opplæringsmetode

  • gi tilgang til fleksibel, kvalitetssikra opplæring for å møte behova til den einskilde i samfunns- og arbeidsliv

  • utvikle opplæringstilbod som er lagde til rette for den einskilde ut frå føresetnader og behov

Rapport for 2012

I 2012 var det 17 godkjende nettskolar, og av desse var det 13 som søkte om støtte til prosjekt om pedagogisk utvikling. I alt vart det løyvt 13,6 mill. kroner til 28 prosjekt, og tilskottsbeløpa strekte seg frå 80 000 kroner til 1,5 mill. kroner. Prosjekta omfattar utvikling av undervisningsløysingar, læringsressursar, studentstøtte og studentadministrative tiltak. Fleksibel utdanning Norge (FuN) rapporterer at dei fleste prosjekta har gått etter planen, men at det er krevjande for nettskolane å gjennomføre store utviklingsprosjekt i løpet av eitt kalenderår. For å medverke til at dei einskilde utviklingsprosjekta skal ha ein overføringsverdi for alle nettskolane, har FuN frå hausten 2012 lagt opp til presentasjon av utvalde utviklingsprosjekt gjennom konferansar og tidsskrift.

Statistikk frå SSB viser at 17 400 personar deltok i utdanning gjennom dei godkjende nettskolane. Dette var ein nedgang i deltakinga på nesten tolv pst. frå det førre skoleåret. Om lag 20 pst. av deltakarane tok universitets- og høgskoleutdanning, medan elleve pst. tok fagskoleutdanning, og elleve pst. tok vidaregåande opplæring. Over halvparten tok kurs som ikkje var knytte til formelle utdanningsnivå. I 2011–12 rapporterte nettskolane om 16 700 kursfullføringar, ein auke på 14. pst. frå det førre skoleåret. 37 pst. av kursfullføringane var knytte til universitets- og høgskoleutdanning.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Post 72 Tilskott til studiesenter

Mål for 2014

Tilskottet er øyremerkt Studiesenteret Finnsnes AS og Studiesenteret.no AS og skal medverke til at dei kan tilby eller formidle kurs, høgre utdanning og andre vaksenopplæringstiltak som alternativ eller supplement til opplæring ved andre utdanningsinstitusjonar.

Tilskottsordninga blir forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk.

Rapport for 2012

Studiesenteret Finnsnes tilbyr desentralisert og fleksibel utdanning i Midt-Troms. Senteret formidla i 2012 ni desentraliserte studium i samarbeid med tre høgre utdanningsinstitusjonar, og rapporterte om 216 studentar. Senteret har òg drive prosjektverksemd knytt til kompetansebehov i Ytre Midt-Troms.

Tilskottet til Studiesenteret.no vart i 2012 løyvt over kap. 281 post 70, sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Budsjettforslag for 2014

I samband med handsaminga av statsbudsjettet 2013 vedtok Stortinget å leggje eit tilskott på 2 mill. kroner til Studiesenteret.no på kap. 254 post 72, jf. Innst. 12 S (2012–2013). Departementet vil sørgje for at det blir rapportert på midlane på ein måte som gjer det mogleg å foreta ei laupande vurdering av ordninga.

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013. I 2014 vil løyvinga til Studiesenteret Finnsnes vere 4,272 mill. kroner, og tilskottet til Studiesenteret.no på 2,07 mill. kroner.

Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

Mål for 2014

Tilskottet skal medverke til drifta av fellesorgana for studieforbunda og nettskolane, Voksenopplæringsforbundet (VOFO) og Fleksibel utdanning Norge (FuN), som fram til hausten 2013 heitte Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning (NFF). Organisasjonane skal utføre fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane knytte til forvaltning av tilskott til nettskolar og studieforbund, og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda. Sjå òg postane 70 og 71.

Rapport for 2012

Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er ein interesseorganisasjon for godkjende studieforbund og hadde 18 medlemmer i 2012. VOFO har i 2012 arbeidd med fleire saker knytte til iverksetjinga av vaksenopplæringslova av 2009 med forskrift. Utviklingsprosjektet «Kursadministrasjonsprogram for studieforbundene» (KursAdmin) stilte ferdig ein rapporteringsmodul i 2012. Programmet er utvikla slik at all aktivitetsrapporteringa frå studieforbunda til Statistisk sentralbyrå skjer gjennom KursAdmin frå og med aktivitetsåret 2012. Fire studieforbund har òg teke i bruk KursAdmin til andre kursadministrative funksjonar. VOFO deltek i fleire nettverk og prosjekt om frivillig arbeid og vaksnes læring, både nasjonalt og internasjonalt.

Fleksibel utdanning Norge (FuN) er eit fellesorgan for offentleg godkjende nettskolar og medlemsorganisasjon for institusjonar som tilbyr fjernundervisning og fleksibel utdanning. Organisasjonen har til saman 40 medlemmer, medrekna 16 av dei 17 godkjende nettskolane som kan søkje om tilskott over post 71. I tillegg til nettskolane er 16 universitet og høgskolar medlemmer. FuN har i 2012 medverka i utlysinga av tilskottet over post 71, gjort ei fagleg vurdering av søknadene, og gitt ei innstilling om bruk og fordeling av tilskottet til Vox. FuN gjennomgjekk nettskolane sine utviklingsprosjekt frå 2011 og 2012 og har presentert erfaringar og resultat i to rapportar. Organisasjonen er engasjert i fleire norske, nordiske og europeiske utviklingsprosjekt om fjernundervisning og fleksibel utdanning.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013. Forvaltninga av tilskottet er delegert til Vox. Tilskottet blir fastsett etter årleg søknad og årsmelding og revidert årsrekneskap frå organisasjonane.

Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

26 722

27 604

30 170

71

Falstadsenteret

15 970

16 487

17 064

72

Stiftelsen Arkivet

6 389

6 600

6 831

73

Nansen Fredssenter

5 315

5 490

5 682

74

Narviksenteret, kan overførast

2 110

2 180

70 048

75

Det europeiske Wergelandsenteret

7 130

7 365

7 623

76

Raftostiftelsen

2 062

2 130

2 205

Sum kap. 0255

65 698

67 856

139 623

Freds- og menneskerettssentra er stiftelsar som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling innanfor områda demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord. Tilskotta skal medverke til at sentra kan vere med på å synleggjere historia på dette området, styrkje fredsarbeid og mellommenneskeleg forståing, og gi opplæring i demokratiske verdiar og holdningar, særleg blant barn og unge.

Tilskottsforvaltninga under kapitlet er delegert til Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, unnateken post 75 Det europeiske Wergelandsenteret, som får tilskott direkte frå departementet.

Post 70 Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) kan drive forsking, dokumentasjon, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, minoritetsspørsmål og menneskerettar. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.

Rapport for 2012

Talet på elevar frå grunnopplæringa som deltok i undervisningsopplegg ved HL-senteret gjekk ned med sju pst. frå 2011. Til saman fekk 5 100 skoleelevar opplæring i demokratiske verdiar og holdningar ved HL-senteret i 2012. Besøket til utstillingane og arrangement i regi av HL-senteret auka kraftig frå 2011 til 2012. Utstillingane vart besøkte av om lag 11 100 personar i 2012, ein auke i besøkstalet på heile 85 pst. frå 2011. Dessutan var om lag 13 000 personar til stades ved foredrag, konsertar og andre arrangement ved senteret i 2012. Dette var ein auke på 140 pst. frå det førre året.

Forskingsprosjektet «Norske frivillige i Waffen SS» vart i 2012 avslutta med lansering av boka Himmlers Norge – nordmenn i det storgermanske prosjekt. Prosjektet har sett nærmare på utplasseringa av dei frivillige ved ulike frontavsnitt, deltakinga i kamphandlingar, og eventuelle krigsbrotsverk. Kunnskapsdepartementet har medverka til finansieringa av forskingsprosjektet saman med Forsvarsdepartementet, Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.

Forskingsprosjektet «Jøden som kulturell konstruksjon i norsk offentlighet 1814–1940» vart òg ferdigstilt i 2012.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei løyving på 30,2 mill. kroner i 2014.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 vart det løyvt 20 mill. kroner til HL-senteret til vedlikehald, modernisering og betre utnytting av Villa Grande, jf. Innst. 470 S (2012–2013). For å styrkje prosjektleiinga og sikre god utnytting av midlane foreslår departementet å flytte 0,6 mill. kroner frå kap. 258 post 21 til kap. 255 post 70 i samsvar med merknaden frå fleirtalet i kyrkje-, utdannings-, og forskingskomiteen.

Departementet foreslår å flytte 1 mill. kroner frå kap. 226 post 21 til kap. 255 post 70 for å styrkje undervisning om og forsking på antisemittisme ved HL-senteret, jf. Prop. 149 S (2012–2013).

Post 71 Falstadsenteret

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Falstadsenteret kan drive eit opplærings- og dokumentasjonssenter om fangehistorie frå den andre verdskrigen, og fremme kunnskap om demokrati, humanitær folkerett og menneskerettane. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.

Rapport for 2012

I 2012 deltok 5 800 elevar frå ungdomsskolar og vidaregåande skolar i undervisningsopplegg ved eller i regi av Falstadsenteret. Dette er ein auke på 33 pst. frå 2011. Til saman vitja 11 600 personar Falstadsenteret i 2012, noko som var ein auke på to pst. frå førre året.

Falstadsenteret tilsette hausten 2011 ein prosjektleiar som skal arbeide med forskings- og utviklingsarbeid om undervisning i menneskerettar. Prosjektet skal etter planen avsluttast i 2014 og er eit samarbeid mellom Falstadsenteret, Det europeiske Wergelandsenteret og Program for lærarutdanninga ved NTNU.

Prosjektet «Kvinner i krig og konflikt» starta opp i 2012 med støtte frå Kulturrådet og Fritt Ord.

Kommandantboligen på Falstad vart i 2012 stilt til disposisjon for Falstadsenteret gjennom ein leigeavtale med Statsbygg. Våren og sommaren 2012 vart delar av bygningen tekne i bruk til utstillinga «Oppgravingene i Falstadskogen». I samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 løyvde Stortinget 1 mill. kroner til tilrettelegging av Kommandantboligen til formidling av kunnskap om demokrati, menneskerettar og fangehistorie frå den andre verdskrigen, jf. Innst. 470 S (2012–2013).

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å løyve 17,1 mill. kroner til Falstadsenteret i 2014.

Post 72 Stiftelsen Arkivet

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Arkivet er eit informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkeretten og menneskerettane, og er eit senter for demokrati og fredsskapande arbeid. Tilskottet skal særleg medverke til at stiftelsen kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.

Rapport for 2012

Om lag 9 000 elevar, studentar og lærarar har i 2012 vore med på ulike undervisningsopplegg ved Stiftelsen Arkivet, med tema som rasisme, menneskerettar, barn i krig og mobbing. Dette var ein auke på tolv pst. Alt i alt hadde senteret meir enn 13 000 besøk i 2012, ein auke på heile 30 pst. frå 2011. Den sterke auken heng saman med at Gestapo-kjellaren, som blir besøkt av mange skoleklasser, var stengd for rehabilitering i delar av 2011. Det har elles vore ein jamn auke i besøket ved Arkivet i dei siste åra.

I 2012 har Stiftelsen Arkivet starta eit prosjekt for å gjere tilgjengeleg samlingar av skriftleg kjeldemateriale, historiske objekt, bilete og tidsvitneopptak. Senteret har òg starta opp forskingsprosjekta «Kampen om kinoene» og «Krigsseilerne».

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 fekk Stiftelsen Arkivet ei tilleggsløyving på 2 mill. kroner til nødvendig vedlikehald og formidlingsutstyr.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å løyve 6,8 mill. kroner til Stiftelsen Arkivet i 2014.

Post 73 Nansen Fredssenter

I 2013 godkjende Lotteri- og stiftelsestilsynet samanslåinga av Norsk Fredssenter og Nansenskolen. Det nye namnet til stiftelsen er «Nansenskolen – Norsk Humanistisk Akademi og Nansen Dialog Norsk Fredssenter». Verksemda til Nansen Fredssenter er skilt frå anna verksemd ved skolen, og tilskottet over posten vil framleis vere øyremerkt arbeidet ved Nansen Fredssenter.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Nansen Fredssenter kan tilby kurs og opplæring og drive dokumentasjon og formidling for å fremme arbeidet for dialog, fred, menneskerettar og forsoning som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.

Rapport for 2012

Nansen Fredssenter har halde fram med arbeidet med konflikthandtering nasjonalt og internasjonalt.

Senteret arrangerte i 2012 eit 25-dagars kurs kalla «Dialog med diaspora», som hadde deltakarar med bakgrunn frå konfliktområda Bosnia-Hercegovina, Afghanistan og Irak. Kurset vart evaluert av Østlandsforskning, som på bakgrunn av intervju med deltakarane konkluderte med at dei overordna måla for kurset vart nådde. Samstundes peiker Østlandsforskning på at det er behov for å styrkje det langsiktige samarbeidet og nettverket mellom deltakarane og Nansen Fredssenter.

Hausten 2012 starta senteret eit program i leiaropplæring for somaliske kvinner. Målet er å gi kvinnene høve til å skape dei nettverka og reiskapane som trengst for å delta i samfunnsoppgåver i heimlandet og blant somaliarar i Noreg.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Post 74 Narviksenteret, kan overførast

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Narviksenteret – nordnorsk stiftelse for historieformidling, menneskerettigheter og fredsbygging, kan fremme kunnskap om og forståing for fred og menneskerettar gjennom dokumentasjon og formidling av mellom anna krigs- og okkupasjonshistoria til Nord-Noreg. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.

Rapport for 2012

Narviksenteret har i 2012 drive formidlingsaktivitet i form av seminar, foredrag, artiklar og turar til kamparenaer frå den andre verdskrigen i Narvik og Nord-Noreg. Mykje av arbeidet skjer i samarbeid med Nordland Røde Kors Krigsminnemuseum. Til saman har om lag 2 200 elevar delteke på aktivitetar i regi av senteret. Det er ein nedgang i deltakartalet på åtte pst. frå 2011.

Arbeidet med kartlegging av sovjetiske og jugoslaviske krigsfangar i Noreg under den andre verdskrigen har halde fram. Verksemda har vore konsentrert om dokumentasjon med særleg søkjelys på det materialet som senteret har fått tilgang til frå tidlegare jugoslaviske arkiv.

Narviksenteret fekk i 2012 ei tilleggsløyving på 0,3 mill. kroner over kap. 281 til å styrkje forskinga ved senteret.

Budsjettforslag for 2014

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 vedtok Stortinget å gi Kunnskapsdepartementet fullmakt til å gi tilsegn om tilskott innanfor ei ramme på 81,5 mill. kroner (prisnivå 2013) for at Narviksenteret og Nordland Røde Kors Krigsminnemuseum skal kunne flytte inn i nye lokale på Narvik Torv. Tilskottet skal dekkje byggjekostnader, og Narviksenteret vil stå som eigar av sin seksjon i bygget. Utbetalinga vil henge saman med utbygginga, og departementet anslår at om lag 80 pst. av midlane vil bli betalte ut i 2014. Departementet foreslår å løyve 67,5 mill. kroner i tilskott til å dekkje byggjekostnader i 2014.

Grunna usikkerheit om den faktiske utbetalinga for tilskottet til byggjeprosjektet foreslår departementet at budsjettposten for ein periode får stikkordsfullmakta «kan overførast».

I samband med Stortingets handsaming av statsbudsjettet 2013 foreslo kyrkje-, utdannings-, og forskingskomiteens fleirtal at tilskottet til styrking av forskinga ved Narviksenteret skulle førast vidare på permanent basis, jf. Innst 12 S (2012–2013). Departementet foreslår derfor å flytte 0,3 mill. kroner frå kap. 281 post 70 til kap. 255 post 74.

Departementet foreslår ei samla løyving på 70,05 mill. kroner på posten i 2014.

Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret

Mål for 2014

Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) er eit samarbeid med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap. Målet med tilskottsordninga er å medverke til at EWC kan vere eit ressurssenter for opplæring på dei nemnde områda.

Rapport for 2012

Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) tilbyr opplæring til ulike målgrupper innanfor utdanningsfeltet, til dømes lærarutdannarar, lærarar, rektorar, forskarar og politikkutformarar. Til saman deltok 1 300 personar frå dei ulike medlemslanda i Europarådet i seminar, kurs, konferansar og andre opplæringsaktivitetar i regi av senteret. EWC reknar med at dei når om lag 5 000 personar over heile Europa indirekte gjennom dei ulike arrangementa.

EWC samarbeider nært med Europarådet i fleire prosjekt. I 2012 arrangerte EWC for tredje gong opplæringsseminaret Summer Academy i Polen med deltakarar frå fleire europeiske land. Etter modell av sommarskolen i Polen har EWC òg utvikla South-East Europe Summer Academy «Human Rights in Action», som vart arrangert for første gong i 2012.

EWC sine nettsider har vorte ein virtuell møtestad for ulike aktørar som er opptekne av opplæring i demokratisk medborgarskap. Senteret har eit breitt tilbod av verktøy og ressursar på nettet. I 2012 lanserte EWC Share & Connect, eit internasjonalt nettsamfunn for alle som arbeider med eller er interesserte i spørsmål knytte til opplæring i demokratisk medborgarskap, menneskerettar og forståing mellom menneske.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Post 76 Raftostiftelsen

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Raftostiftelsen kan tilby eit godt opplæringstilbod om menneskerettane for elevar, studentar, lærarar og andre grupper. Løyvinga skal medverke til at stiftelsen kan sørgje for kvalitetssikring, ivaretaking og vidareføring av kunnskap, kompetanse og kontaktnett som er bygde opp gjennom åra.

Rapport for 2012

Raftostiftelsen har i 2012 gitt opplæring i menneskerettar og demokrati til 3 200 elevar i grunnskolen. Dette er ein auke på 14 pst. frå 2011. I løpet av året har stiftelsen òg utvikla ein ny undervisningspakke.

Raftoprisen for 2012 vart gitt til Frank Mugisha frå Uganda. I 2012 arrangerte stiftelsen òg eit besøk med den burmesiske opposisjonsleiaren Aung San Suu Kyi, som fekk Raftoprisen i 1990 og Nobels fredspris i 1991.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Kap. 256 Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

48 906

49 384

51 132

21

Særskilde driftsutgifter

16 552

15 962

16 521

Sum kap. 0256

65 458

65 346

67 653

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Vox har ansvaret for å forvalte tilskott til vaksenopplæring, jf. kap. 254, tilskott til freds- og menneskerettssentra, jf. kap. 255, Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), jf. kap. 257, tilskott til karriererettleiing, jf. kap. 258 ny post 60, og nokre av dei prosjektmidlane som blir løyvde over kap. 258 post 21.

På oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har Vox ansvaret for dei faglege og pedagogiske tilhøva i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Vox forvaltar òg prosjektmidlar frå Arbeidsdepartementet knytte til reduksjon av ufrivillig deltid.

Mål for 2014

Vox skal vere eit kompetansepolitisk fagorgan underlagt Kunnskapsdepartementet. Gjennom å leggje til rette for vaksnes læring skal Vox medverke til å auke vaksnes deltaking i samfunns- og arbeidsliv. Opplæring i grunnleggjande dugleikar, karriererettleiing og realkompetansevurdering er òg viktige tiltak i denne samanhengen.

Hovudmåla for Vox i 2014 er dei same som i dei siste åra:

  • Vox skal medverke i arbeidet med å utvikle kompetansepolitikken.

  • Vox skal ha oppdatert kunnskap om kompetansebehova i samfunnet, både nasjonalt og internasjonalt, og formidle denne.

  • Vox skal medverke til høgre kompetanse blant vaksne.

  • Vox skal forvalte og utvikle tilskottsordningar på ein god måte.

Rapport for 2012

I arbeidet med å utvikle kompetansepolitikken har Vox gitt innspel til direktoratar og bidratt aktivt i dialog med sentrale aktørar på kompetansefeltet. I 2012 har Vox mellom anna gitt innspel til Noregs forskingsråd i samband med utlysinga av midlar til forsking på vaksnes læring. Vox deltek òg i referansegruppa for PIAAC – den internasjonale undersøkinga om lese- og talforståing.

For å vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget om vaksnes læring har Vox i 2012 lagt særleg vekt på arbeid med å utvikle og formidle sentrale indikatorar og statistikk om vaksnes læring. Når det gjeld vaksnes læring utanfor det formelle utdanningssystemet, vart det lyst ut eit forskingsprosjekt om studieforbunda. Etter ein anbodskonkurranse gjekk oppdraget til Oxford Research, og forskingsrapporten skal etter planen liggje føre ved utgangen av 2013. Vox har òg fått tilgang til data frå Statistisk sentralbyrå for å undersøkje nærmare samanhengen mellom å ta vidaregåande opplæring som vaksen og status på arbeidsmarknaden i etterkant. Rapportar og faktaflak blir publiserte i løpet av 2013.

I 2012 har Vox heldt om lag 130 foredrag eller innlegg på kurs og seminar over heile landet. Omfanget av formidlingsaktiviteten var om lag den same som i 2011. Samstundes har talet på besøkjande på vox.no auka med 25 pst. frå 2011, medan talet på abonnentar av Vox’ nyheitsbrev er dobla. Vox har òg gitt ut 24 publikasjonar.

Vox er vertsinstitusjon for det nordiske nettverket Nättverk för Vuxnas Lärande (NVL) og deltek i fleire av arbeidsgruppene til NVL. Vox deltek òg i European Basic Skills Network, og i 2011–12 koordinerte Vox den norske delegasjonen til European Lifelong Guidance Network.

Vox har i 2012 halde fram med arbeidet med å få fleire opplæringstilbydarar til å nytte rammeverket for opplæring i grunnleggjande dugleikar for vaksne. Fleire kommunar er i gang med å ta i bruk rammeverket i den kommunale vaksenopplæringa. Utdanningsdirektoratet og Vox har samarbeidd om å utvikle ein felles kompetanseplan for lærarar i den kommunale vaksenopplæringa. Vox tilbyr òg gratis etterutdanningskurs for lærarar og opplæringstilbydarar som arbeider med grunnleggjande dugleikar for vaksne. Kursa tek utgangspunkt i kompetansemåla, modellar for praksisnær opplæring og prinsipp for vaksnes læring. I 2012 arrangerte Vox om lag 50 kurs med til saman 1 300 deltakarar.

Nasjonal eining for karriererettleiing har i 2012 halde fram med å koordinere og utvikle karriererettleiingstenestene. Det er oppretta god kontakt med fagmiljø på feltet karriererettleiing. Gjennom å arrangere og delta på konferansar og fagsamlingar har Vox medverka til auka kompetanse, fagleg utvikling og samarbeid mellom dei fylkesvise karrieresentra. For å styrkje kunnskapsgrunnlaget om karriererettleiing er det sett i verk effektundersøkingar, evalueringar, kartleggingar og forsøksprosjekt. Vox har òg arbeidd vidare med prosjekta for realkompetansevurdering i fagskolane og i høgre utdanning.

Tilsynsaktiviteten med tilskottsmottakarane er auka i 2012. Samstundes er tilsynsmetodikken vidareutvikla og tilsynskompetansen i organisasjonen styrkt. Som eit ledd i effektiviseringa av Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) har Vox utarbeidd standardkurs som verksemdene kan søkje på. I 2012 nytta 65 pst. av søkjarane seg av denne moglegheita. Vox har òg samarbeidd med Kunnskapsdepartementet og Direktoratet for statleg økonomistyring (DFØ) om å gå gjennom organiseringa av ordninga.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å auke løyvinga til Vox med 1 mill. kroner i samband med at Vox er sekretariat for Nasjonalt fagskoleråd. Dette arbeidet har tidlegare vore finansiert over kap. 281.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3256 Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Inntekter frå oppdrag

11 165

10 336

10 698

02

Salsinntekter o.a.

699

318

329

16

Refusjon av foreldrepengar

35

17

Refusjon lærlingar

55

18

Refusjon av sjukepengar

909

Sum kap. 3256

12 863

10 654

11 027

Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Vox. Inntektene på post 02 kjem frå salsinntekter og refusjonar.

Kap. 257 Program for basiskompetanse i arbeidslivet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

4 159

5 325

5 511

70

Tilskott, kan overførast

69 868

86 563

89 593

Sum kap. 0257

74 027

91 888

95 104

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Mål for 2014

Løyvinga skal nyttast til å utvikle Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) slik at fleire vaksne med svake grunnleggjande dugleikar kan få opplæring, og slik at opplæringa held høg kvalitet. Det er eit mål å utvikle programmet vidare slik at ulike bransjar og grupper av arbeidstakarar med svake grunnleggjande dugleikar kan delta i programmet.

Løyvinga skal òg kunne nyttast til forsøk som kan gjere BKA betre i stand til å svare på kompetansebehova i arbeidslivet.

Ein mindre del av løyvinga skal gå til å utvikle modellar for samarbeid mellom Nav, fylkeskommunar og verksemder, slik at fleire arbeidssøkjarar kan få opplæring i grunnleggjande dugleikar.

Rapport for 2012

Utviklings- og samarbeidsprosjektet mellom Vox og Posten Norge AS heldt fram i 2012. Dette året vart det gjennomført til saman ni BKA-kurs i ulike delar av landet. Den andre delrapporten frå prosjektet vart publisert i februar 2013. Deltakarane i prosjektet vurderer sjølve at dei har fått betre dugleikar i matematikk, lesing, skriving og IKT etter deltaking i BKA-kurs. Dei rapporterer òg at dei les, skriv og brukar data meir enn dei gjorde før kurset. Datainnsamlinga frå prosjektet skal etter planen avsluttast i 2014, og sluttrapporten vil liggje føre same året.

For å auke deltakinga frå varehandelen i BKA-opplæringa lyste Vox i 2012 ut midlar til bransjeorganisasjonane innanfor varehandelen. Fire prosjekt har fått tilsegn om til saman 1,7 mill. kroner i tilskott til opplæring, og prosjekta skal samarbeide med Vox om å dokumentere effektar av opplæringa. Vox gjennomfører òg eit liknande utviklingsprosjekt i transportbransjen.

Delar av løyvinga har vore lyste ut som stipend til vidareutdanning i undervisning i grunnleggjande dugleikar for vaksne. Målgruppa er lærarar som underviser i BKA.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Post 70 Tilskott, kan overførast

Mål for 2014

Tilskottsordninga skal medverke til å styrkje grunnleggjande lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Bedrifter og offentlege verksemder kan søkje om tilskott både til motivasjonsarbeid og til opplæring i grunnleggjande lesing, skriving, rekning og IKT.

Det er eit prioritert mål at opplæringa skal nå vaksne med svake grunnleggjande dugleikar. Opplæringa skal halde høg kvalitet og vere tilpassa behova til dei vaksne, slik at ho gir ein positiv effekt for den einskilde.

Det er eit mål at ulike bransjar er representerte i programmet, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning og er konjunkturutsette bransjar, samt at programmet skal nå små og mellomstore verksemder.

Tilskottsordninga blir forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk.

Rapport for 2012

Sidan BKA-ordninga starta, har den årlege løyvinga til programmet auka frå 24,5 mill. kroner i 2006 til 83,8 mill. kroner i 2012. I samband med utlysinga av 2012-tilskottet kom det inn 498 søknader med eit samla søknadsbeløp på 188,4 mill. kroner. Det er ein auke i talet på søknader på 21,5 pst. og ein nedgang i samla søknadsbeløp på 4,1 pst. frå 2011. Sidan oppstartsåret 2006 er talet på søknader mest tredobla, medan årleg omsøkt tilskott er dobla. Ut frå ei samla vurdering av løyvinga og overføringa på posten valde departementet i 2012 å gi Vox fullmakt til å gi tilsegn om tilskott på inntil 22,7 mill. kroner utover ordinær løyving i 2012. Dermed vart dei 369 kvalifiserte søknadene tildelte til saman 106,2 mill. kroner i tilskott til opplæring i grunnleggjande dugleikar i bedrifter og offentlege verksemder i 2012.

I tildelinga vart søknader med hovudformål opplæring i lesing og skriving prioriterte. Eit fleirtal av kursa kombinerte opplæring i fleire dugleikar.

Talet på registrerte kursdeltakarar har auka kvart år sidan BKA vart etablert i 2006. Til saman er det per juni 2013 registrert 36 200 innmelde deltakarar.

Tabell 4.12 Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), 2006–12

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Omsøkt beløp, i mill. kroner

85,5

78,2

122,5

142,4

169,4

197,6

190,6

Tildelt beløp, i mill. kroner

14,5

20,0

31,6

68,6

80,8

93,4

107,7

Talet på søknader

167

208

282

339

345

410

503

Talet på innvilga søknadet

65

70

99

214

210

250

373

Talet på innmelde deltakarar

2 031

2 153

2 922

5 975

7 494

7 981*

7 620*

Tabellen omfattar søknader og tildelingar knytte til ordinær utlysing og til særskilte satsingar.

* Talet på innmelde deltakarar i 2011 og 2012 er førebelse.

Kjelde: Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk. Statistikkbanken juni 2013

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

3 671

5 376

5 488

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01

41 113

47 592

54 658

60

Tilskott til karriererettleiing

30 000

Sum kap. 0258

44 784

52 968

90 146

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01

Mål for 2014

Departementet vil nytte løyvinga over kap. 258 postane 01 og 21 til tiltak for livslang læring, og til statistikk, dokumentasjon, analysar og forsking som kan medverke til politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet, med særskild prioritering av læring blant vaksne. Målet er mellom anna å kartleggje kompetansebehova i framtida.

Rapport for 2012

I samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet starta Kunnskapsdepartementet hausten 2011 ei utprøving av modellar for vidaregåande opplæring i tilknyting til arbeidsplassen for ufaglærte tilsette i helse- og omsorgssektoren og i barnehagesektoren. Fem fylke deltek i forsøksordninga, og i kvart av fylka samarbeider fylkeskommunen og lokale verksemder om å utvikle modellar for vidaregåande opplæring på arbeidsplassen. I 2012 deltok om lag 190 ufaglærte i desse prosjekta. Forsøksordninga blir finansiert over kap. 258 post 21 og skal etter planen avsluttast i 2014.

Forsøka med vidaregåande opplæring for arbeidssøkjarar blir finansierte over kap. 258 post 21. Forsøka skal medverke til å utvikle opplæringsmodellar på vidaregåande nivå som kan byggje på og kombinerast med dei tilboda vaksne kan få gjennom arbeidsmarknadsopplæringa. I fire fylke har fylkeskommunen, Nav og lokale opplæringstilbydarar samarbeidd om å utvikle lokale og tilpassa opplæringsmodellar. I 2012 hadde 170 arbeidssøkjarar delteke i desse prosjekta.

Utdanningsforskingsprogrammet Utdanning2020 vart delvis finansiert over denne posten i 2012. Ein mindre del av løyvinga vart òg nytta til å arrangere samlingar i Nasjonalt forum for utdanningsforsking, for å medverke til å samle forskarar og utveksle kunnskap og erfaringar på feltet.

Ein del av løyvinga vart nytta til å finansiere evalueringa av Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA). Evalueringa vart ferdigstilt i 2012 av Proba Samfunnsanalyse, og ho viser at deltakarane i stor grad er nøgde med kursa, og at bedriftene meiner at deltakarane gjer ein betre jobb som følgje av å ha delteke på BKA-kurs.

Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennomførte i 2012 den europeiske spørjeundersøkinga Adult Education Survey i Noreg. Undersøkinga viser mellom anna at det er ei sterk kopling mellom å vere sysselsett og å delta i opplæring, og at personar med høg formell utdanning i større grad deltek i opplæring enn personar med låg formell utdanning. Kunnskapsdepartementet medverka til å finansiere undersøkinga.

Vox forvaltar tilskottsmidlane til kompetanseheving av tillitsvalde. Tilskottet skal medverke til at tillitsvalde skal kunne rettleie om opplæring og kompetanseheving, slik at fleire arbeidstakarar deltek i livslang læring. Tilskottsmidlane for 2012 var på om lag 1 mill. kroner og vart lyste ut gjennom dei fylkesvise partnarskapane for karriererettleiing. Midlane for 2012 vart fordelte mellom tre prosjekt i Nordland, Nord–Trøndelag og på Haugalandet. Til saman deltok om lag 60 tillitsvalde i desse prosjekta.

Vox fekk tildelt ein del av løyvinga i 2012 til arbeid med realkompetansevurdering, karriererettleiing, utvikling av kunnskapsbasert og fleksibel vaksenopplæring, og informasjonsarbeid. Sjå kap. 256 for nærmare omtale.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å løyve 5,5 mill. kroner på post 01 i 2014.

Departementet foreslår å løyve 54,7 mill. kroner på post 21 i 2014.

Departementet foreslår å flytte 0,6 mill. kroner til kap. 255 post 70 for å sikre god forvaltning av midlane som vart løyvde i samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 til vedlikehald, modernisering og betre utnytting av Villa Grande, jf. Innst. 470 S (2012–2013).

For å leggje betre til rette for at vaksne kan ta vidaregåande opplæring, vil regjeringa setje i gang utvikling og utprøving av lokale opplæringsmodellar for ufaglærte i servicenæringa, i transportnæringa og i primærnæringane. Midlane vil bli lyste ut til fylkeskommunane, og Vox vil ha ansvaret for å følgje opp utprøvingsprosjekta på nasjonalt nivå. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 6 mill. kroner til dette formålet.

Forsking viser at personar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring i større grad står i fare for å bli støytte ut av både utdanning og arbeidsliv. For å få meir og betre kunnskap om effekten av å gi arbeidssøkjarar tilbod om formell utdanning som fører til fagbrev, legg departementet opp til å setje i verk ein intervensjonsstudie som skal måle langsiktige effektar av slik opplæring.

I Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – Kunnskap gir muligheter går regjeringa inn for å utvikle eit overordna system for analyse og formidling av kompetansebehov i arbeidslivet. Kunnskapsdepartementet har hausten 2013 oppretta eit prosjekt som i ein treårsperiode skal arbeide med å utvikle dette systemet. Prosjektet vil nytte framskrivingar frå SSB og forskarar, skape møteplassar og konferansar for diskusjon, og formidle informasjon til institusjonar, elevar og studentar med sikte på å få betre utdanningsval.

For å auke kvaliteten i vaksenopplæringa har departementet gitt Vox i oppdrag å utvikle og å setje i gang lokale tilbod om etterutdanning for lærarar og andre som underviser i vaksenopplæringa. For perioden 2013–16 legg departementet opp til å setje av til saman 20 mill. kroner til tiltaket.

Departementet foreslår å føre vidare rammeløyvinga og den øyremerkte satsinga på forsking om vaksnes læring gjennom det nye utdanningsforskingsprogrammet i Noregs forskingsråd. Departementet legg opp til å setje av til saman 28 mill. kroner over posten i perioden 2012–16 for å få fram meir kunnskap om vaksnes læring.

OECDs Skills Strategy tek sikte på å hjelpe medlemslanda til å utvikle riktig kompetanse, få kompetanse inn i arbeidslivet, og bruke kompetansen meir effektivt i arbeidslivet. Kunnskapsdepartementet koordinerer den norske deltakinga i prosjektet, og ein mindre del av løyvinga vil bli nytta til dette arbeidet.

Kunnskapssenter for utdanning skal ha oversikt over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa. Senteret opna offisielt i 2013, og ein del av løyvinga vil gå til å styrkje senteret i ein viktig oppstartsfase.

I samband med nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) vil departementet opprette eit utval som skal greie ut korleis opplæring tileigna utanfor det formelle utdanningssystemet, kan plasserast i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket. Departementet vil ha ansvar for sekretariat til utvalet. Delar av løyvinga på posten vil bli nytta til drift av utvalet og sekretariatet.

Ein mindre del av løyvinga vil òg gå til drift av sekretariatet for det offentlege utvalet som skal kartleggje framveksten av opne kurs og undervisning på internett, såkalla Massive Online Open Courses (MOOCs), og gi råd om korleis norske myndigheiter og utdanningsinstitusjonar bør handtere utviklinga. Sjå nærare omtale av utvalet under kategori 07.60 Høgre utdanning og fagskolar.

Ein mindre del av løyvinga vil gå til å følgje opp og kvalitetssikre byggjeprosessen ved Narviksenteret, jf. omtale under kap. 255 post 74.

Departementet vil la delar av løyvinga gå vidare til Vox til utvikling og spreiing av metodar for kunnskapsbasert og fleksibel vaksenopplæring.

Post 60 Tilskott til karriererettleiing

For å følgje opp St.meld. nr. 16 (2006–2007) …og ingen stod igjen har Kunnskapsdepartementet gjennom tilskottsmidlar stimulert til etablering av fylkesvise partnarskapar for karriererettleiing. Partnarskapane skal medverke til koordinering og samarbeid mellom ulike rettleiingsaktørar lokalt og betre kvaliteten på og tilgangen til karriererettleiing i fylka. Ei viktig målsetjing for partnarskapane er å opprette karrieresenter. Det er i dag registrert om lag 50 karrieresenter fordelte på 15 fylke.

Til no har tilskottet til karriererettleiing vore fordelt likt mellom dei fylkesvise partnarskapane, uavhengig av aktivitetsnivå og talet på karrieresenter. For å stimulere til vidare utvikling og eit likare tilbod i heile landet vil departementet leggje om tilskottsordninga frå 2014 til eit kvalitetstilskott og eit stimuleringstilskott.

Kvalitetstilskottet skal tildelast med ein lik sum til fylkesvise partnarskapar som oppfyller desse kriteria:

  • ein signert partnarskapsavtale mellom minimum fylkeskommunen og Nav

  • ein koordinerande funksjon som styrkjer samarbeid og samordning om karriererettleiing

  • minimum eitt karrieresenter som tilbyr gratis karriererettleiing til alle vaksne over 19 år

  • medverkar til kompetanseutvikling for rettleiarar i skolen og i Nav

Stimuleringstilskottet skal støtte etablering av karrieresenter i fylke som ikkje har oppretta karrieresenter, og til utvikling som vil komme fleire fylke til gode.

Tilskottsordninga vil framleis bli forvalta av Vox, jf. omtale under kap. 256.

Mål for 2014

Formålet med tilskottsordninga er at unge og vaksne i alle livsfaser får eit likeverdig tilbod om karriererettleiing. Tilskottet til dei fylkesvise partnarskapa for karriererettleiing skal medverke til å styrkje kvaliteten og sikre tilgang til karriererettleiing over heile landet. I hovudsak skal tilskottsmidlane medverke til utvikling av dei fylkesvise karrieresentra.

Rapport for 2012

Tilskottet vart i 2012 løyvt over kap. 226 post 21.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å flytte 30 mill. kroner frå kap. 226 post 21 til kap. 258 ny post 60 i samband med oppretting av ny tilskottsordning for karriererettleiing. Dette inneber ein auke i tilskottet på 2 mill. kroner samanlikna med 2013.

Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

260

Universitet og høgskolar

26 077 758

27 538 941

29 060 993

5,5

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

346 687

340 667

452 591

32,9

276

Fagskoleutdanning

62 914

71 236

73 729

3,5

280

Felles einingar

364 879

391 794

455 134

16,2

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

414 323

361 511

351 722

-2,7

Sum kategori 07.60

27 266 561

28 704 149

30 391 169

5,9

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

3200

Kunnskapsdepartementet

8 035

Sum kategori 07.10

8 035

Innleiing

Noreg skal ha forsking, høgre utdanning og fagskoleutdanning av høg kvalitet, som gir kunnskap og kompetanse for den einskilde og samfunnet, og som medverkar til framtidig velferd og verdiskaping. Regjeringa ønskjer ein universitets- og høgskolesektor og fagskolesektor som er tilgjengelege for alle, og som samla sett tek vare på eit breitt spekter av regionale, nasjonale og internasjonale kunnskaps- og kompetansebehov.

Noreg har ein godt utbygd universitets- og høgskolesektor med lærestader over heile landet, og tilbod om fagskoleutdanning i alle fylka. Saman med gratis utdanning og gode studentvelferdstilbod gir dette god tilgang til høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Dei viktigaste samfunnsoppdraga til universitet og høgskolar er å utdanne kandidatar samfunnet treng, og å utføre forsking til beste for samfunnet på kort og lang sikt. Med Kvalitetsreforma fekk universiteta og høgskolane auka ansvar, og det vart lagt sterkare vekt på samfunnsoppdraget deira enn tidlegare. Formålet var mellom anna at utdanningane og forskings- og utviklingsarbeidet ved institusjonane i større grad og raskare skulle kunne svare på endra krav og forventningar frå samfunns- og arbeidsliv. Samstundes har institusjonane ei viktig rolle i å utfordre etablert kunnskap, medverke til kritisk tenking, fornying og utvikling i samfunnet. Ferdig utdanna kandidatar som kjem ut i arbeidslivet med oppdatert kunnskap, er truleg det som i størst grad medverkar til innovasjon og verdiskaping. Samspel mellom forskingsmiljø og arbeids- og næringsliv er avgjerande for at forskingsresultat skal medverke til auka innovasjon og omstillingsevne i bedriftene og offentleg sektor.

For å nå ambisiøse mål om utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet treng vi ein mangfaldig sektor der institusjonane profilerer seg og satsar på dei områda der dei er gode. Ei viktig satsing frå departementet i dei siste åra er arbeidet med å få til betre samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) i universitets- og høgskolesektoren. Det har skjedd ei god utvikling på feltet, mellom anna med fleire fusjonar mellom institusjonar, samt auka fagleg og administrativt samarbeid. Det er likevel framleis stort behov for at den einskilde lærestaden profilerer verksemda si tydelegare, ved å velje tyngdepunkt og ambisjonsnivå som er tilpassa den rolla institusjonen har i det regionale, nasjonale og internasjonale kunnskapssystemet.

Noreg har generelt eit høgt utdanningsnivå, og det norske utdanningssystemet er godt tilpassa etterspurnaden i arbeidsmarknaden (SSB 2012). Fleirtalet av studentane er nøgde med undervisningskvaliteten, og det er ei svært låg arbeidsløyse blant personar med høgre utdanning. Regjeringa har prioritert å auke kapasiteten i høgre utdanning, og totalt vil det vere oppretta om lag 24 800 studieplassar i perioden 2006–19. Om lag to tredelar av desse er fordelte til realfag og teknologi, helse- og sosialfag og lærar- og barnehagelærarutdanning. Det er likevel framleis behov for å leggje til rette for at fleire kan ta høgre utdanning, og for å auke kapasiteten i og rekrutteringa til høgre utdanning, særleg i ingeniørfag, andre realfag og helse- og lærarutdanningane.

Dei matematiske, naturvitskaplege og teknologiske faga (MNT-faga) er viktige for å løyse sentrale samfunnsutfordringar og skape ny næringsutvikling. Fagområda har derfor vore eit politisk satsingsområde innanfor både forsking og utdanning, med auka tilførsel av forskingsmidlar via Noregs forskingsråd, nye studieplassar, stipendiatstillingar og omfattande rekrutteringskampanjar. Resultata innanfor MNT-faga viser at det framleis er utfordringar. Departementet vil derfor sørgje for ei tettare oppfølging på dette området.

Regjeringa vil halde fram med innsatsen for å styrkje kompetanse og forsking i profesjonsfaga. Dette gjeld særleg dei fagmiljøa som driv med ingeniørutdanning, helse- og sosialfagleg utdanning og lærarutdanning. Profesjonsutdanningane skal byggje på både forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap frå yrkesfeltet dei utdannar til. Kunnskapen om kvaliteten på profesjonsutdanningane og evna fagmiljøa har til å framskaffe ny og relevant kunnskap for yrkesfeltet, er avgrensa. Departementet vil derfor gjennomgå resultata på desse fagområda og vurdere vidare oppfølging.

På bakgrunn av dette vil regjeringa i 2014 særskilt prioritere

  • auka kapasitet og kvalitet i høgre utdanning, særleg i MNT-utdanning og profesjonsutdanning

  • auka forskingsinnsats i MNT-fag og profesjonsfag

  • auka samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon

Sjå Strategiar og tiltak for nærmare omtale.

Departementet vil vurdere nasjonale styringsparametrar til desse særskilde prioriteringane.

Hovudprioriteringar for 2014

For å møte behovet for større kapasitet på særskilde fagområde foreslår regjeringa å auke løyvinga til nye studieplassar med 19 mill. kroner i 2014. Det inneber om lag 400 nye plassar i 2014 og ein auka kapasitet med om lag 1 400 plassar i 2019 når dei er fullt utbygde.

For at kapasitetsauken i høgre utdanning skal halde fram, foreslår regjeringa 238 mill. kroner i 2014 til vidareføring og opptak av nye kull for studieplassar oppretta i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009, statsbudsjettet for 2011 og i revidert nasjonalbudsjett for 2012. Samla gir det om lag 2 900 fleire studieplassar i 2014 samanlikna med 2013.

Nye studieplassar oppretta i perioden 2006–14 gir samla om lag 24 800 fleire plassar i 2019 samanlikna med 2005.

Nye bygg, rehabilitering av bygg og midlar til infrastruktur er viktig for å oppnå høg kvalitet i utdanningane. Regjeringa foreslår samla 80 mill. kroner i startløyving til rehabilitering av Noregs idrettshøgskole og nytt bygg for medisin- og helsefag ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Regjeringa foreslår i tillegg 1,2 mrd. kroner til åtte byggjeprosjekt som er sette i gang i sektoren, og 135,6 mill. kroner til utstyr og inventar til tre ulike byggjeprosjekt. Samla er det i perioden 2006–14 gitt startløyving til 15 ulike byggjeprosjekt, med ei samla kostnadsramme på meir enn 18 mrd. kroner (prisnivå per 2014).

For at alle skal ha ei reell lik moglegheit til å kunne ta høgre utdanning er det viktig med gode studentvelferdstilbod. Ei av dei viktigaste velferdsoppgåvene til studentsamskipnadene er å tilby studentbustader. Regjeringa har gjennom dei siste åra hatt ei stor satsing på studentbustader. For å føre vidare satsinga og møte behovet for rimelege studentbustader foreslår regjeringa å løyve 359 mill. kroner til bygging av om lag 1 300 nye studentbustader i 2014. Dette er ein auke på 100 mill. kroner frå saldert budsjett for 2013. I tillegg vil regjeringa auke tilskottssatsen og kostnadsramma for å sikre realiseringa av bygga og ei låg husleige for studentane. Regjeringa foreslår å auke kostnadsramma med 100 000 kroner samt å auke tilskottssatsen med 20 pst. per hybeleining samanlikna med nivået i dag.

Regjeringa ønskjer profilerte og robuste høgre utdanningsinstitusjonar. Meir samarbeid, klarare arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK) er nødvendig for å medverke til større berekraft og betre kvalitet i utdanning og forsking. Regjeringa vil føre vidare 50 mill. kroner til regionale og nasjonale SAK-prosessar. Kunnskapsdepartementet foreslår å tildele 43 mill. kroner til fusjonar som er sette i gang, og som kan vise til konkrete resultat. Resterande midlar vert prioriterte til andre tiltak som kan medverke til meir samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i sektoren

Det er større etterspurnad enn tilbod av doktorgradsutdanna personale i MNT-faga. Samstundes er det behov for å auke kompetanse og forsking i profesjonsfaga. Kunnskapsdepartementet foreslår 20,8 mill. kroner til 60 nye stipendiatstillingar innanfor MNT-fag og profesjonsfag.

Som ledd i arbeidet med å auke kompetansen i barnevernet foreslår regjeringa å styrkje finansieringa av barnevernspedagogutdanninga med 12,5 mill. kroner. Departementet vil leggje vekt på at midlane fører til auka kvalitet og relevans, samt styrkt samspel med dei andre sosialfaglege utdanningane.

Internasjonalt samarbeid er viktig for å styrkje kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. Regjeringa foreslår 229,8 mill. kroner til det nye EU-programmet Erasmus+, som erstattar Livslang læringsprogrammet og Erasmus Mundus. Sjå programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. For at Senter for internasjonalisering av utdanninga (SIU) skal kunne fylle rolla som nasjonalt koordineringskontor for Erasmus+, foreslår Kunnskapsdepartementet at 10 mill. kroner av løyvinga går til SIU.

Felles løysingar og standardar for desentralisert og fleksibel utdanning er ein del av samarbeidet i universitets- og høgskolesektoren. eCampus er eit program for utbygging av ny og moderne IKT-infrastruktur i sektoren som starta opp i 2012. Kunnskapsdepartementet foreslår 15 mill. kroner til vidare utvikling av eCampus i 2014.

Regjeringa vil sette i gang omfattande arbeid for å betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling for høgre utdanning og fagskoleutdanning. Kunnskapsdepartementet har derfor sett ned tre offentlege utval som skal vurdere høvesvis fagskolesektoren, finansiering av universitet og høgskolar og konsekvensar av Massive Open Online Courses (MOOCs). I tillegg foreslår Kunnskapsdepartementet 15 mill. kroner over tre år til ei forskingsbasert evaluering av kvaliteten i høgre utdanning.

Kunnskapsdepartementet foreslår 10 mill. kroner til NOKUT til etablering av ordninga for godkjenning av kompetansen til flyktningar. NOKUT har eit mangelfullt IKT-system som gjer sakshandsaminga lite effektiv og sårbart. Kunnskapsdepartementet vil tildele NOKUT 4,5 mill. kroner i 2014 til oppgradering av IKT-systemet.

Tilstandsvurdering

Kunnskapsdepartementet set mål for aktørane i universitets- og høgskolesektoren og fagskolesektoren. Måla er langsiktige og gir ei stabil ramme som aktørane kan utvikle sin eigen målstruktur og sine eigne strategiar og planar innanfor. Måla er omtalte og rapporterte på under dei ulike kapitla i programkategori 07.60. I kap. 276 er det òg gitt ei eiga tilstandsvurdering av fagskolesektoren.

Universitets- og høgskolesektoren og fagskolesektoren har viktige roller på fleire nivå – på samfunnsnivå, sektornivå og individnivå. Sektorane skal medverke til ei kunnskapsbasert samfunnsutvikling, dei skal sørgje for godt samspel og kunnskapsdeling mellom ulike kunnskapsaktørar. Dei skal tilby den einskilde studenten god og relevant utdanning som grunnlag for personleg utvikling og samfunnsdeltaking. Tilstandsvurderinga er strukturert etter desse tre nivåa. Tilstandsvurderinga byggjer mellom anna på dei årlege tilstandsrapportane for høgre utdanning og fagskoleutdanning, årlege rapportar og planar frå universitet og høgskolar og andre aktørar i sektoren, og andre analysar av og statistikk over dei to sektorane. Sjå òg tabellar i vedlegg 2 og 3 for oversikt over utviklinga i ulike indikatorar og nøkkeltal for universitet, høgskolar og fagskolar.

Kunnskapsbasert samfunnsutvikling

Den høgre utdanningssektoren og fagskolane i Noreg skal svare på det samla behovet for kompetanse i samfunnet i dag og i framtida. Kvalitet på og relevans til utdanning og forsking er avgjerande for den nasjonale verdiskapinga og for å medverke til å løyse globale utfordringar. Sjølv om Noreg har rik tilgang på internasjonalt ettertrakta naturressursar og råvarer, er den nasjonale verdiskapinga basert på kunnskap og kompetanse. For vidare utvikling av velferdssamfunnet treng vi tilstrekkeleg, relevant og oppdatert kunnskap og kompetanse. Dette føreset ein god balanse mellom omstilling etter behova i samfunnet og at institusjonane medverkar til fornying og utvikling. Etter- og vidareutdanning tilpassa kompetansebehova i arbeidslivet er òg sentralt i dette.

Behov for kunnskap og kompetanse i samfunnet

Noreg har ein godt utbygd universitets- og høgskolesektor med lærestader over heile landet. Det er tilbod om fagskoleutdanning i alle fylka. Høgre utdanning og fagskoleutdanning utfyller kvarandre både når det gjeld rekruttering av studentar med ulik bakgrunn, og ved å skaffe ulike typar kompetanse som arbeidslivet treng. Universiteta og høgskolane er aktive aktørar på regionale, nasjonale og internasjonale arenaer. På mindre stader er høgskolane særleg viktige for den regionale utviklinga, medan universiteta i dei større byane har ei sterkare internasjonal orientering.

Behovet i samfunnet for utdanning og arbeidskraft er i stadig endring og vert påverka av teknologiske endringar og endringar i arbeidslivet og næringsstrukturen. Rapporten Utdannes det riktig kompetanse for fremtiden? (SSB 2012) viser at det norske utdanningssystemet er godt tilpassa etterspurnaden etter arbeidskraft i framtida. Langsiktige framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB 2010) Demand and supply of labor by education towards 2030 viser likevel at Noreg vil få eit aukande behov for personar med yrkesfagleg kompetanse og utdanning på høgre nivå.

Rapporten om framtidig kompetansebehov frå SSB peiker på at det i høgre utdanning truleg vert utdanna for få ingeniørar, andre med realfagsbakgrunn, helsepersonell og lærarar, medan det vert utdanna i overkant mange innanfor økonomi og administrasjon, samfunnsfag, sosialfag og humanistiske og estetiske fag. I mange område av landet og i einskilde næringar kan det vere utfordrande å rekruttere relevant arbeidskraft og vidareutvikle arbeidskrafta i takt med behova til verksemdene, jf. Meld. St. 13 (2012–2013) Ta heile Noreg i bruk – distrikts- og regionalpolitikken.

I Noreg har 37 pst. i aldersgruppa 25–64 år høgre utdanning. Nivået er høgre enn gjennomsnittet for OECD-landa, som ligg på 31 pst. I aldersgruppa 25–34 år er det ingen andre nordiske land som har like høg del med ei høgre utdanning som Noreg. Tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) viser at det i 2012 var registrert over 239 000 studentar i høgre utdanning og om lag 15 800 fagskolestudentar. Når desse kjem ut i arbeidslivet, vil dei tilføre tiltrengt kunnskap og kompetanse og medverke til fagleg utvikling på felta sine.

Figur 4.14 Del av befolkninga med høgre utdanning (i pst.)

Figur 4.14 Del av befolkninga med høgre utdanning (i pst.)

Kjelde: SSB

Regjeringa har auka kapasiteten i høgre utdanning gjennom nye studieplassar. Totalt vil det vere oppretta om lag 24 800 nye studieplassar i perioden 2006–19. For å møte behova for kunnskap og kompetanse i dag og i framtida er om lag to tredelar av desse studieplassane fordelte til realfag og teknologi, helse- og sosialfag og lærar- og barnehagelærarutdanning. Resten av studieplassane har institusjonane fordelt på fagområde i tråd med eigne strategiar og regionale behov. Regjeringa meiner ei slik styring av utdanningstilbodet, kombinert med god tilgang på høgre utdanning i heile landet, skaper eit godt grunnlag for å dekkje dokumenterte samfunnsbehov i dag og i framtida. Fylkeskommunane har ansvaret for fagskoleutdanninga i høve til lokalt, regionalt og nasjonalt behov for kompetanse innanfor prioriterte samfunnsområde.

Noreg har satsa tungt på forskarrekruttering i dei ti siste åra. Ifølgje Indikatorrapporten frå Noregs forskningsråd 2011 nærmar vi oss nivået for avlagde doktorgradar i Finland og Sverige, som ligg i verdstoppen når det gjeld talet på doktorgradskandidatar per million innbyggjarar. Doktorgradsutdanning er viktig for å tilføre alle delar av arbeidslivet høg kompetanse og på den måten utvikle kunnskapssamfunnet. Doktorgradsutdanninga er òg viktig for rekruttering til akademia.

Personar med doktorgradsutdanning er representerte i mange typar yrke i heile arbeidsmarknaden. Om lag 40 pst. av doktorgradskullet i 2004 arbeider i næringsliv, i offentleg sektor utanfor forskingssystemet eller har arbeid i utlandet. 60 pst. av doktorane arbeider i det norske forskingssystemet. Det er derimot store skilnader mellom fagområde. Det er balanse mellom tilbod og etterspurnad etter doktorgradsutdanna personell i medisin, humaniora og samfunnsvitskap medan etterspurnaden er større enn tilbodet i matematikk, naturfag og teknologi (MNT-faga), jf. rapporten Etterspørsel etter og tilbud av stipendiatstillinger i Norge frem mot 2020 (Universitets- og høgskolerådet og Kunnskapsdepartementet 2012). Sjølv om talet på doktorgradskandidatar har auka kraftig, viser behova i arbeids- og næringslivet at det framleis er behov for fleire, særleg i MNT-fag.

Samspel med omverda

Gjennom kontakt med arbeidslivet vert utdanningane tilpassa behova i samfunnet, samstundes som ny kunnskap og nye idear kjem inn i arbeidslivet.

I dei siste åra har departementet lagt meir vekt på tiltak som kan styrkje relevansen i utdanningane og skape betre kunnskapsdeling mellom sektoren og samfunnet.

Rapporteringa frå universiteta og høgskolane viser at institusjonane har eit omfattande samarbeid med andre aktørar når det gjeld både utdanning og forsking. Kontakten er særleg tett med yrkesfeltet i dei utdanningane som har praksis som del av undervisninga. Når det gjeld regional utvikling, FoU-prosjekt og etter- og vidareutdanning er òg aktiviteten høg.

Institusjonane har, som ei oppfølging av St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja, etablert Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA). Målet med RSA er å styrkje relevansen av utdanningstilboda gjennom eit formalisert samarbeid med andre samfunnsaktørar. Vidareutvikling av både grunnutdanning og etter- og vidareutdanning bør vere sentralt for RSA.

Kandidatundersøkinga om høgre utdanning frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU 2012) tyder på at norsk høgre utdanning er relevant for arbeidslivet. Færre nyutdanna kandidatar erfarte at utdanninga hadde låg relevans for arbeidet deira i 2011 enn i 2002. Det er framleis svært låg arbeidsløyse blant kandidatar med høgre utdanning, men det er skilnader mellom fagområda. Berre om lag seks pst. er arbeidsledige eit halvt år etter avslutta utdanning, og om lag 90 pst. seier dei er nøgde med utdanninga.

I kandidatundersøkinga om fagskoleutdanning (NIFU 2012) går det fram at 75 pst. av kandidatane er nøgde eller særs nøgde med den relevansen utdanninga har i arbeidslivet. Dei som har fagskoleutdanning i helse- og sosialfag, er mest nøgde, sjølv om mange av dei har vanskar med å få heiltidsstilling, på lik linje med nyutdanna sjukepleiarar. 82 pst. av dei sysselsette fagskolekandidatane har fast stilling om lag åtte månader etter avslutta utdanning.

Innovasjon og verdiskaping

Universitet og høgskolar skal vere tydelege samfunnsaktørar. Dei har ansvar for å medverke til innovasjon, verdiskaping og kommersialisering basert på resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid. Vidare er samspel mellom forskingsmiljø og arbeids- og næringsliv avgjerande for at forskingsresultat skal medverke til auka innovasjon og omstillingsevne i private bedrifter og offentleg sektor.

Talet på patent, lisensar, forretningsidear og nye føretak gir eit bilete av innovasjons- og kommersialiseringsevna ved universiteta og høgskolane og kommersialiseringsaktørane deira, Technology Transfer Offices (TTO). Indikatorane patent, lisensar, forretningsidear og nye føretak utgjer likevel berre ein mindre del av den breie innovasjons- og verdiskapingsaktiviteten ved institusjonane. Dei reflekterer i liten grad sosiale og økonomiske effektar av høgre utdanning og forsking.

Det har vore ein betydeleg auke i talet på patentsøknader og lisenseringskontraktar i dei siste åra. Frå 2010 til 2012 har talet på patentsøknader auka frå 123 til 182. Talet på lisenseringskontraktar har auka frå elleve til 53 i perioden 2007–12. I same tidsrom har talet på forretningsidear dobla seg, frå 336 til 681. Talet på nye føretak har gått noko ned frå 2010. Dette har samanheng med at forskingsresultat i større grad vert kommersialiserte gjennom lisensiering ved eksisterande bedrifter.

Auken i kommersialiseringsaktiviteten ved universitet og høgskolar viser teikn til endra kultur og bevisstgjering. FORNY-programmet til Forskingsrådet skal mellom anna leggje til rette for kommersialisering frå offentleg finansierte forskingsinstitusjonar. Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) er ei særskild satsing på innovasjon gjennom samhandling i regionane mellom ulike FoU-aktørar i nærings- og arbeidsliv. Midtvegsevalueringa av VRI (Oxford Research 2012) viser at programmet har medverka til å stimulere til forskingsbasert innovasjon i regionane og har hatt ein positiv effekt for samhandlingsprosjekt og forskingsprosjekt. Rolla til VRI må sjåast i samanheng med andre FoU-orienterte verkemiddel som regional FoU-strategi, Regionale forskingsfond og Skattefunn-ordninga. Sjå òg programkategori 07.70 Forsking.

Rapporteringa frå institusjonane viser òg at det no er vanlegare å integrere entreprenørskap og innovasjon som fagområde i studieprogram ved ei rekkje universitet og høgskolar. Ein av fire norske studentar hadde innslag av entreprenørskap i utdanninga si (NIFU 2012). Både nasjonalt og internasjonalt er kunnskapen om omfang og effektar av entreprenørskap i utdanninga noko avgrensa.

Formidling og publisering

Betre tilgang til forskingsdata medverkar til å forenkle forskingssamarbeid, sampel mellom høgre utdanning, forsking og innovasjon, og til å auke kvaliteten på forskinga.

Synleggjering av forsking og formidling av forskingsresultat både i tradisjonelle kanalar og i nye medium er avgjerande for å nå ut til eit breitt publikum. Det er òg viktig for at folk skal forstå og interessere seg for forsking. Forskingsinformasjonssystemet CRIStin er etablert mellom anna for å samle informasjon om norsk forsking. CRIStin har status som norsk referansepunkt for open tilgang og skal arbeide med å gjere resultata av norsk forsking ope tilgjengelege. Sjå kap. 280, 281 og programkategori 07.70 Forsking.

Vitskaplege publikasjonar er den viktigaste kanalen forskarane har for å kommunisere resultata av forskinga. Publiseringa ligg no på 0,83 poeng i snitt per fagleg stilling ved statlege universitet og høgskolar og dei private høgskolane. Det tilsvarer i underkant av ein artikkel per forskar kvart år og inneber ein auke på om lag 60 pst. per forskar sidan 2004. Noreg har som eitt av få vesteuropeiske land auka sin del av verdas artikkelproduksjon i dei siste ti åra frå 0,53 pst. i 2000 til 0,63 pst. i 2011. Ei samanlikning mellom dei nordiske landa viser at på 2000-talet har vitskaplege artiklar frå Noreg vakse langt raskare enn talet på artiklar frå Danmark, Finland og Sverige. Talet på publiseringspoeng ved universitet og høgskolar har auka sterkt i dei siste ti åra. Publiseringsindikatoren i finansieringssystemet har stimulert til stor vekst i publiseringa, samstundes som kvaliteten er halden oppe ved at siteringar av norske artiklar ligg stabilt på om lag 25 pst. over verdssnittet.

Formidling gjennom utstillingar er ein nøkkelfunksjon for universitetsmusea, og tala på besøkjande er ein viktig indikator for den interessa befolkninga har for samlingane. Universitetsmusea hadde over 1,5 mill. besøkjande i 2012. Av desse låg Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo høgst med over 500 000 besøkjande. Institusjonane har gjort mykje for å sikre og bevare samlingane i dei siste åra, og departementet har sidan 2008 tildelt om lag 50 mill. kroner øyremerkt til dette arbeidet. I tillegg prioriterer universiteta midlar til dette. Sjå òg omtale under kap. 260. Digitalisering medverkar til forsvarleg bevaring av samlingane og gjer dei lettare tilgjengelege for forsking og formidling. Digitaliseringa aukar, men musea har framleis store samlingar som ikkje er digitaliserte, fordi tilveksten i samlingane er større enn veksten i digitaliseringa. Det er òg stor variasjon i delen som er digitalisert. Langt frå alt som er digitalisert, er tilgjengeleg på internett.

Forskingsressursar

I 2011 vart det utført forskings- og utviklingsarbeid for 45,2 mrd. kroner i Noreg, og universitet og høgskolar stod for om lag 32 pst. av dette. Dei totale FoU-utgiftene ved universitet og høgskolar har auka frå 9 til 14,4 mrd. kroner i perioden 2005–11. Dette utgjer ein realvekst på 21 pst.

Offentlege kjelder er klart viktigast for finansieringa av universitet og høgskolar og utgjer nesten 90 pst. av dei totale FoU-utgiftene deira. Om lag to tredelar av midlane til universitet og høgskolar er rammeløyving over statsbudsjettet. Andre viktige finansieringskjelder er Noregs forskingsråd og EU.

Figur 4.15 FoU-utgifter i UH-sektoren fordelte på fagområde 2005–11 i mill. kroner

Figur 4.15 FoU-utgifter i UH-sektoren fordelte på fagområde 2005–11 i mill. kroner

* LFV- Landbruk, fisk og veterinær

Kjelde: NIFU

FoU-statistikken til NIFU for 2011 viser at om lag halvparten av FoU-utgiftene ved universitet og høgskolar går til grunnforsking. Over ein tredel av midlane går til medisin- og helsefag, mykje knytt til universitetssjukehusa. Den prosentvise veksten har òg vore relativt stor innanfor samfunnsvitskap og MNT-fag.

Profesjons- og MNT-fag

Gode utdanningar, kompetansetiltak og forsking i matematiske, naturfaglege og teknologiske fag (MNT-fag) og i dei korte profesjonsfaga, er sentralt for å medverke til auka omstilling og verdiskaping og for å løyse viktige samfunnsutfordringar. Framskrivingane viser at det er på desse fagområda arbeidskraftbehovet særleg vil auke i åra framover. Derfor har regjeringa prioritert desse fagområda særskilt, jf. innleiinga til programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. I profesjonsutdanningane er utdanningskapasiteten bygd ut. Det er gjennomført rekrutteringskampanjar, og utdanningane er utvikla for å samsvare betre med kompetansebehova i arbeidslivet.

Regjeringa har i Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis, jf. Innst. 320 S (2011–2012), lagt fram grunnlaget for eit langsiktig arbeid for å fornye dei helse- og sosialfaglege utdanningane. NAV-reforma, Samhandlingsreforma og reforma i barnevernet har ført til endra kompetansebehov. Utdanningane må medverke med meir relevant kompetanse for kvalitetsutvikling av tenestene.

Figur 4.16 Kandidatar i utvalde profesjons- og MNT-fag

Figur 4.16 Kandidatar i utvalde profesjons- og MNT-fag

Kjelde: DBH

Figur 4.16 viser at talet på ferdig uteksaminerte kandidatar har stige for alle profesjonsfag og MNT-fag i dei siste ti åra. Den største veksten er innanfor MNT-faga, som har hatt ein auke på 31 pst. uteksaminerte kandidatar sidan 2003, med ei særleg positiv utvikling i dei siste tre åra. I dei siste åra har òg veksten i søkninga til MNT-faga vore større enn for andre fag. Denne trenden ser ut til å halde fram.

Uteksaminering av lærar- og sjukepleiekandidatar har halde seg relativt stabil i perioden 2003–12. Departementet forventar ein auke i talet på kandidatar i dei kommande åra, som resultat av auken i talet på studieplassar ved desse utdanningane. Til dømes vil tildelingane til nye studieplassar i 2011 føre til auka kandidattal frå 2014.

Ein velfungerande universitets- og høgskolesektor og fagskolesektor

Ein velfungerande universitets- og høgskolesektor med godt samspel på tvers av institusjonane er viktig for å nå måla for sektoren. Den einskilde institusjon har ansvar for å drive verksemda på ein effektiv og god måte samstundes som forventningane til kvalitet er høge. Institusjonane må òg ta omsyn til dei andre aktørane i sektoren og sørgje for at dei til saman svarer på sektoren sitt samfunnsoppdrag.

Fagskolesektoren er ein mindre sektor som tradisjonelt har vore driven av fylkeskommunane og bransjane sjølve. I dei seinare åra er sektoren vorte betre organisert gjennom utvikling av lovverket, oppretting av råd og utval. Sjå nærmare omtale under kap. 276.

Leiing og organisering – ansvaret til styret

Gjennom Kvalitetsreforma fekk universiteta og høgskolane stor fridom til å fastsetje si eiga organisering, utvida fullmakter i økonomiforvaltninga og fridom til å avgjere sin eigen profil og sine faglege tilbod.

Universiteta og høgskolane er store verksemder som forvaltar store ressursar for fellesskapet. Skal dei kunne forvalte ressursane på best mogleg måte og skape gode resultat i forsking, utdanning og formidling, krev det aktivt og godt leiarskap ved institusjonane. Styret har ansvar for å sørgje for heilskapleg styring og oppfølging av resultata ved den einskilde institusjonen.

I styringsdialogen med institusjonane har departementet i dei seinare åra lagt stor vekt på å styrkje rolla til styra som det øvste organet ved institusjonane. I 2012 vart ansvaret for å utforme verksemdsmål flytt frå nasjonalt nivå til institusjonane.

Rapporteringa frå institusjonane for 2012 og etatsstyringsdialogen i 2013 viser at styra har spelt ei aktiv rolle i å utforme nye strategiar og mål for institusjonane. Departementet ser positivt på denne utvikla og vil i det vidare arbeidet framleis leggje vekt på å styrkje rolla til styra.

Profilerte, differensierte og robuste universitet og høgskolar

Det er mange små og fragmenterte fagmiljø i universitets- og høgskolesektoren i Noreg. Dette kan gå utover kvalitet og relevans i utdanning og forsking. For å auke kvaliteten og gjennomslagskrafta for norsk forsking og høgre utdanning arbeider departementet med å leggje til rette for differensiering og profilering av verksemda ved universitet og høgskolar, jf. dei særskilde prioriteringane som er omtalte i innleiinga til programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Kunnskapsdepartementet sin strategi for samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) vart etablert som eit svar på utfordringane knytte til institusjonsstruktur og samhandlingsmønster i universitets- og høgskolesektoren, jf. NOU 2008: 3 Sett under ett. Strategien omfattar tiltak og prosessar som skal auke kvaliteten gjennom å skape meir profilerte institusjonar og robuste fagmiljø. I perioden 2010–13 har departementet årleg tildelt 50 mill. kroner til SAK.

Institusjonslandskapet har endra seg i dei siste ti åra. Sidan 2004 er fire statlege institusjonar akkrediterte som universitet, og éin statleg og tre private institusjonar er akkrediterte som vitskaplege høgskolar. Det er òg åtte private institusjonar som har fått institusjonsakkreditering som høgskole, noko som inneber fullmakt til sjølv å opprette studietilbod på lågare grad. Sidan 2008 har det òg vore fleire fusjonar. Universitetet i Tromsø har fusjonert med Høgskolen i Tromsø og Høgskolen i Finnmark, og Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus har fusjonert. Ved årsskiftet 2013–14 fusjonerer Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) og Noregs veterinærhøgskole (NVH), og Høgskolen i Buskerud fusjonerer med Høgskolen i Vestfold. Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) og Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) vert slått saman med Høgskolen i Oslo og Akershus frå 1. januar 2014. Frå 1. januar 2013 fusjonerte Mediehøgskolen Gimlekollen, Høgskolen i Staffeldtsgate og NLA Høgskolen. Markedshøyskolen Campus Kristiania har og vore gjennom ein fusjon. Med unntak av fusjonen mellom UMB og NVH, har samanslåingane av institusjonar skjedd etter initiativ frå institusjonane sjølve. Sjå òg kap. 260.

Hovuddelen av midlane til SAK er fordelt til større fusjonsprosessar. SAK-satsinga omfattar meir enn fusjonar. SAK-midlane har òg medverka til samarbeid på tvers av institusjonar. Sektoren har vist omstillingsevne i tråd med ambisjonane for SAK-satsinga. Rapporteringa frå institusjonane viser eit omfattande samarbeid dei imellom. Det er likevel framleis utfordringar med å skape betre arbeidsdeling og større grad av fagleg konsentrasjon.

Omfanget av norsk forsking er i fleire disiplinar mindre enn i andre nordiske land. Det er ei utfordring at mange fagmiljø er små, fragmenterte og for lite internasjonalt orienterte. Kunnskapsdepartementet ser likevel ei positiv utvikling i FoU-landskapet, med satsing på ulike typar senter, mellom anna Senter for framifrå forsking (SFF), større forskingsgrupper og meir profilerte institusjonar. Nasjonale forskingssatsingar har lagt til rette for samarbeid mellom universitet og høgskolar om felles FoU-arbeid på tvers av institusjonane. Dei fem nasjonale forskarskolane som starta i 2009, har òg medverka til å styrkje kvaliteten på forskarutdanninga hos dei institusjonane som er med. Midtvegsevalueringa, Mid-term Evaluation of Five National Research Schools (2013), viser at forskarskolane fungerer svært godt og har lykkast i å etablere eit samla nasjonalt forskarutdanningstilbod på fagområda sine.

Personale, mellombels tilsette og likestilling

Det er menneska, personale i alle typar stillingar, som er den viktigaste ressursen for utviklinga av universitet og høgskolar. Universiteta og høgskolane har stor fridom i personalpolitikken, men departementet føreset at institusjonane legg til rette for eit godt arbeidsmiljø, gode karrierevegar og opne rekrutteringsprosessar, i tråd med det europeiske Charter and Code for researchers.

Retningslinene i Charter and Code for researchers er utvikla av EU. Dei er eit viktig verkemiddel for å gjere det attraktivt å jobbe som forskar med gode arbeidstilhøve og karriereutvikling. Retningslinene medverkar til å løyse utfordringar knytte til forskarrekruttering og -mobilitet på nasjonalt og europeisk nivå. Til no har 17 universitet og høgskolar signert retningslinene for rekruttering og arbeidstilhøve for fagleg personale. Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, og Høgskolen i Vestfold fyller allereie krava.

Gode leiarar på alle nivå er ein viktig føresetnad for at institusjonane kan gjere strategiske val, og for kvalitet i den faglege verksemda. Leiarar av den faglege verksemda, innanfor så vel utdanning som forsking, er viktige både for rekruttering og for å sørgje for at personalet har best moglege arbeidstilhøve. Universitet og høgskolar har gjennom fleire år arbeidd med å utvikle leiarrolla, mellom anna gjennom Universitets- og høgskolerådet (UHR). Det gjeld både fagleg leiing og leiing på fakultets- og institusjonsnivå.

Kompetansen til personalet i universitets- og høgskolesektoren er avgjerande for kvalitet i utdanning og forsking. Det er lagt til rette for to ulike karriereløp som legg vekt på kvar si hovudoppgåve for sektoren. Det tradisjonelle karriereløpet (føresteamanuensis/professor) er basert på merittering gjennom forskingsverksemd. Det andre karriereløpet (førstelektor/dosent) skal særleg ta vare på pedagogisk utviklingsarbeid og ei praksisbasert tilnærming til fagleg verksemd. Målt i stillingsnivå har delen førstestillingar auka betydeleg i dei siste ti åra, frå 57 pst. til 67 pst. Årsaka til dette er særleg kompetanseheving ved høgskolane. Dette har styrkt høgskolane sine moglegheiter for å drive forskingsbasert undervisning. Det tyder på at Kvalitetsreforma si vektlegging av kompetansen til fagpersonalet er følgd opp i sektoren.

Forskarar i Noreg skifter sjeldan arbeidsplass og flytter seg enda sjeldnare på tvers av sektorar. Mobiliteten mellom landsdelane er òg låg. Ein NIFU-rapport frå 2007 viser at berre ein av fire doktorar flytte ut av den landsdelen der dei avla doktorgraden. Bruken av professor II-stillingar er ein indikasjon på omfanget av kunnskapsflyt mellom ulike verksemder. Denne typen stillingar har auka med om lag 13 pst. sidan 2004. Universitets- og høgskolesektoren har ein høg del tilsette i mellombelse stillingar samanlikna med andre sektorar. Delen tilsette i mellombelse stillingar er noko redusert i dei siste åra og var 16,9 pst. i 2012. Det er stor variasjon mellom stillingskategoriar og mellom institusjonar. Delen mellombels tilsette er høgst ved universiteta, der om lag 19 pst. er tilsette i mellombelse stillingar. Sidan 2004 har det særleg vore ein nedgang i delen mellombelse tilsetjingar i saksbehandlings- og utgreiingsstillingar. Delen mellombelse tilsetjingar i undervisnings- og forskarstillingar auka svakt frå 2004 til 2006, men er sidan redusert.

Betre kjønnsbalanse i akademia handlar om å utnytte talenta og kan derfor ikkje skiljast frå målet om høg kvalitet i utdanning og forsking. Det er ein rimeleg kjønnsbalanse i universitets- og høgskolesektoren når ein ser alle stillingsgruppene under eitt. Det er likevel store skilnader i dei ulike stillingsgruppene. Kvinner utgjer 69 pst. av personalet i administrative stillingar og 46 pst. i faglege stillingar. Særleg blant professorane er kjønnsbalansen skeiv. I 2012 utgjorde kvinner 35 pst. av alle nytilsette professorar. Delen kvinner har i snitt auka med eitt prosentpoeng per år sidan 2004. Dersom denne delen aukar i same tempo, vil om lag 40 pst. av professorane i 2027 vere kvinner. Dette målet er allereie nådd blant førsteamanuensane. Variasjonen er likevel stor mellom fagområde. Det er størst ubalanse i MNT-fag, der delen kvinnelege nytilsette professorar berre er mellom 18 pst. og 19 pst. i 2012. Insentivordninga for fleire kvinner i førstestillingar på desse fagområda har ikkje hatt den venta effekten. Sjå nærmare omtale under kap. 281.

Bygg og infrastruktur

I perioden 2006–14 vil til saman 15 byggje- og rehabiliteringsprosjekt ha fått startløyving, inkludert dei to nye prosjekta som er foreslått i budsjettet for 2014, sjå lista nedanfor. Samla kostnadsramme for desse bygga utgjer meir enn 18 mrd. kroner (prisnivå per 2014).

  • Samisk vitskapsbygg, Samisk høgskole

  • Rehabilitering av Sørhellinga, Noregs miljø- og biovitskaplege universitetet

  • Nytt odontologibygg, Universitetet i Bergen

  • Nybygg/rehabilitering for sjukepleiarutdanninga, Høgskolen i Oslo og Akershus

  • Nytt sentralbygg, Høgskulen i Sogn og Fjordane

  • Nybygg for samlokalisering, Høgskolen i Bergen

  • Rehabilitering av sentrumsbygningane (fase 1 og 2), Universitetet i Oslo

  • Nytt teknologibygg, Universitetet i Tromsø –Noregs arktiske universitet

  • Rehabilitering av Urbygningen, Noregs miljø- og biovitskaplege universitetet

  • Nytt teknologibygg, Høgskolen i Sør-Trøndelag

  • Nybygg for veterinærmiljøa og Veterinærinstituttet på Ås, Noregs miljø- og biovitskaplege universitetet

  • Nybygg for samlokalisering, Kunst- og designhøgskolen i Bergen

  • Rehabilitering av universitetsmuseet i Bergen (fase 1), Universitetet i Bergen

  • Rehabilitering av Noregs idrettshøgskole

  • Nytt bygg for medisin- og helsefag, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Det er nødvendig med gode bygg og god infrastruktur i universitets- og høgskolesektoren for å kunne tilby utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet og for å skape gode studie- og arbeidsvilkår.

Universitets- og høgskolesektoren disponerer samla eit areal på 3,3 mill. kvm. Denne eigedomsmassen utgjer ein stor kostnad for universiteta og høgskolane, særleg for dei institusjonane som er sjølvforvaltande og har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av eigedommane. Den største utfordringa ligg i størrelsen på investeringsbehova til fornying og rehabilitering av bygningsmassen frå 1950- og 60–åra, inkludert universitetsmusea. I åra framover vil det bli krevjande å halde oppe verdien av desse eigedommane. Riksrevisjonen har i 2012 gjennomført ei undersøking av forvaltninga staten har av eigedomsmassen ved universitet og høgskolar. Tal frå Statsbygg og institusjonane viser at to tredelar av eigedomsmassen i sektoren har god teknisk stand, men at den resterande delen har middels kraftige eller kraftige indikasjonar på dårleg teknisk stand.

Høg kvalitet på forskingsinfrastruktur, som moderne vitskapleg utstyr, avanserte laboratorium og infrastruktur for samling og handsaming av data, er ein føresetnad for at universitet og høgskolar skal kunne drive med utdanning og forsking av høg kvalitet på internasjonalt nivå.

Noregs forskingsråds nasjonale strategi for forskingsinfrastruktur og Norsk vegkart for forskingsinfrastruktur vart oppdaterte i 2012. Vegkartet skal betre effektiviteten i norsk forsking gjennom å medverke til arbeidsdeling og tilgang til infrastruktur nasjonalt og internasjonalt. I 2012 vart det lyst ut 500 mill. kroner frå Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur. Gjennom satsinga kan det tildelast prosjektmidlar innanfor ei kostnadsramme på to til 200 mill. kroner. Universitet og høgskolar har eit sjølvstendig ansvar for investeringar på under to mill. kroner. Sjå meir om forskingsinfrastruktur under programkategori 07.70 Forsking.

Internasjonalt samspel

Det meste av kunnskapsproduksjonen i verda finn stad utanfor Noregs grenser. Vi må vere i tett kontakt med internasjonale miljø for å dra nytte av denne kunnskapen og for å medverke med norsk ekspertise. Utdanning og forsking skal leggje grunnlaget for at både institusjonar og menneske kan møte utfordringar og moglegheiter knytte til globalisering og auka internasjonal samhandling. Ein internasjonalt retta utdannings- og forskingssektor, basert på god kvalitet og relevans, skal gjere Noreg til ein attraktiv kunnskapsnasjon og samarbeidspartnar.

Landa i Norden, EU og Nord-Amerika har tradisjonelt vore dei viktigaste samarbeidslanda for Noreg innanfor høgre utdanning. I dei siste åra har departementet i tillegg lagt større vekt på samarbeid med land som Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika, innanfor både forsking og høgre utdanning.

Dei nordiske regjeringane samarbeider om utdanning og forsking gjennom Nordisk Ministerråd. Det nordiske samarbeidet skal mellom anna gjere det enklare å studere og forske i nordiske naboland, skape og vidareutvikle eit nordisk fellesskap innanfor utdannings- og forskingssektoren, og gjere Norden sterkare som kunnskaps- og innovasjonsregion. Sjå òg omtale under kap. 281.

I tråd med ambisjonen i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning vert norsk høgre utdanning stadig meir internasjonal. Til dømes har talet på internasjonale fellesgradar stige frå 15 til 34, og talet på engelskspråklege utdanningstilbod er nær dobla frå 2009 til 2012. Over halvparten av alle fellesgradane er eit resultat av EUs program for utdanningssamarbeid, Erasmus Mundus. Engelskspråklege program og gratis utdanning gjer Noreg til eit attraktivt studieland. Talet på utanlandske studentar steig frå 13 500 i 2008 til meir enn 18 500 i 2012. Talet på norske gradsstudentar i utlandet har òg auka, og i 2012 var talet 15 000, det høgste nokon gong.

Noreg deltek aktivt i Bologna-prosessen, ein europeisk samarbeidsprosess for høgre utdanning med 47 europeiske land og alle dei sentrale europeiske organisasjonane innanfor høgre utdanning. I prosessen arbeider landa for å reformere og vidareutvikle systema sine for høgre utdanning mellom anna innanfor område som samanliknbar gradstruktur, godkjenning av utanlandsk utdanning, kvalitetssikring av utdanning og auka mobilitet av studentar og lærarar. Innføring av Kvalitetsreforma er i stor grad Noregs oppfølging av Bologna-prosessen. Noreg har komme svært langt i å innføre elementa i Bologna-prosessen samanlikna med andre land.

Norsk forsking vert stadig meir internasjonal. Til dømes hadde kvar tredje person som avla doktorgrad i Noreg i 2011, utanlandsk statsborgarskap. Det har òg vore ein kraftig auke i norsk sampublisering mellom norske og utanlandske forskarar. Delen norske vitskaplege artiklar publiserte i samarbeid med utanlandske forfattarar auka frå 39 pst. i 1997 til 57 pst. i 2011. I snitt har om lag halvparten av artiklane ved universitet og vitskaplege høgskolar fleire forfattarar, men det er store variasjonar mellom institusjonane og over tid. Artiklar med forfattarar frå fleire land vert siterte langt hyppigare enn artiklar utan.

Deltaking i EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar er det viktigaste verkemidlet regjeringa har for internasjonalisering av forsking. Det har vore ei god utvikling i norsk deltaking i EUs sjuande rammeprogram. Noreg ligg blant dei ti landa med høgst suksessrate i sjuande rammeprogram, men bak Danmark og Sverige. Universitet og høgskolar hadde per mars 2013 fått tilslag på 20 pst. av vel 2 000 søknader om støtte sidan oppstarten. Trass god suksessrate i sjuande rammeprogram peikar ein studie frå Technopolis Group på at deltakinga frå Noreg burde vore endå høgre. Tildelinga frå EUs rammeprogram har vakse, og særleg frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Av dei norske universiteta er det Universiteta i Oslo og Bergen som har hevda seg best i ERC. Det er potensial for å få meir ut av det europeiske forskingssamarbeidet, samt å medverke til ein samanheng mellom nasjonale og europeiske verkemiddel. Sjå omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Fagskolesektoren

I dei seinare åra er fleire tiltak sette i verk for å få eit betre grep på utviklinga i fagskolesektoren og for å styrkje kunnskapsgrunnlaget om og for fagskoleutdanningane. Kunnskapsgrunnlaget har fått eit lyft gjennom etableringa av DBH-Fagskolestatistikk. Databasen var på plass hausten 2011, som òg var det første året for rapportering. Alle private og offentlege fagskolar rapporterer til databasen. På grunnlag av denne rapporteringa utarbeider departementet ein årleg tilstandsrapport om fagskolesektoren. Sjå omtale under kap. 276.

I tillegg vart Nasjonalt fagskoleråd etablert i 2010. Med etableringa har òg denne delen av utdanningssektoren fått eit felles talerøyr og ikkje minst ein felles møteplass. Vidare vart det i 2012 etablert ein studentorganisasjon for fagskolestudentar – Organisasjon for norske fagskolestudenter (ONF).

Studenten

Sjølv om Noreg er eit av dei landa i verda med høgst utdanningsnivå, vil regjeringa framleis leggje til rette for at fleire skal få moglegheit til å ta høgre utdanning. Etter år 2000 har det vore arbeidd mykje med å gjere det enklare og meir attraktivt å studere. Sentralt i denne samanhengen står Kvalitetsreforma, som set søkelyset på studenten. Løyvinga som er sett av til bygging av studentbustader, er mangedobla, og studentsamskipnadslovgivinga er endra for å sikre robust og likeverdig studentvelferd i heile landet. Sjå programkategori 07.80 Utdanningsstøtte for omtale av utdanningsstøtta frå Lånekassen.

Utdanningskapasitet

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) viser at det i 2012 var registrert om lag 239 000 studentar ved norske universitet og høgskolar. Desse studentane fordelte seg med 37 200 masterstudentar, 120 000 bachelorstudentar, 53 000 studentar på årskurs eller andre kortare studieløp og 29 000 studentar på ulike andre utdanningar, som enkeltemne og vidareutdanning. Sidan 2003 har talet på studentar auka med over 35 000, det vil seie 18 pst. Ved fagskolane var det over 15 800 studentar i 2012, noko som er ein auke på vel 6,9 pst. sidan 2011.

Figur 4.17 Registrerte studentar (lågare og høgre grad) ved statlege og private institusjonar 2001–12

Figur 4.17 Registrerte studentar (lågare og høgre grad) ved statlege og private institusjonar 2001–12

Kjelde: DBH

Ein av intensjonane med Kvalitetsreforma er at fleire studentar skal følgje strukturerte og heilskaplege studieprogram. I perioden 2003–12 har delen bachelorstudentar auka frå om lag 40 pst. til i underkant av 50 pst. av studentane. I 2012 er det om lag 7 800 fleire uteksaminerte kandidatar på lågare og høgre nivå enn i 2003. På grunn av auka opptakskapasitet i 2006 og 2009 har veksten i talet på kandidatar auka markant i 2011 og 2012. Det var 4 700 fleire kandidatar i 2012 enn i 2010. Ved fagskolane var det nær 5 200 kandidatar i 2012, ein nedgang på om lag 600 kandidatar frå 2011. Eit stort innslag av deltidsstudentar gjer at det vil vere variasjon i talet på ferdige kandidatar frå år til år.

Ein NIFU-rapport frå 2013 om søkning til høgre utdanning viser at talet på søkjarar til høgre utdanning har nådd eit nytt rekordnivå på nærmare 120 000 i 2013, ein auke på om lag 50 pst. frå 2000. Veksten i søkninga har vore særleg høg innanfor realfaglege og teknologiske utdanningar og økonomiske og administrative fag. 60 pst. av veksten i søkjartala kan forklarast med auka studietilbøyelegheit, medan dei resterande 40 pst. kan forklarast med større ungdomskull og befolkning elles. Tala reflekterer truleg òg strukturelle endringar i kompetansebehova i arbeidsmarknaden, i retning av større behov for kompetanse og krav til utdanning for å komme inn på arbeidsmarknaden.

Utdanningskvalitet

Gjennomføring er ofte rekna som ein indikasjon på kvaliteten i utdanninga. Ifølgje tal frå SSB fullførte 63 pst. av studentane ein høgre grad i 2012. Det er ein auke på 26 pst. sidan Kvalitetsreforma vart innført i 2003.

Talet på avlagde studiepoeng per student har stige svakt etter innføringa av Kvalitetsreforma. Da Kvalitetsreforma vart innført, låg snittet på 43,7 studiepoeng per student per år, der ein tek høgde for at nokre studentar ikkje studerer på heiltid. I 2012 var talet 45,5 studiepoeng. Høgskolane har lege stabilt høgre enn universiteta med litt under 50 studiepoeng gjennom heile tiårsperioden, medan universiteta har auka frå om lag 40 studiepoeng til om lag 43 studiepoeng per student. Studentar gjennomfører òg i større grad studia i samsvar med avtalt utdanningsplan.

41 pst. av dei studentane som vart tekne opp på ei bachelorutdanning i 2009, hadde avlagt graden tre år etter. Av masterstudentane som vart tekne opp i 2010, hadde 37,7 pst. fullført graden to år etter. 30 pst. av bachelorstudentane og 45 pst. av masterstudentane var framleis registrerte som studentar. Det er ulike grunnar til at studentar ikkje fullfører på normert tid eller sluttar på eit studium. Ei utgreiing frå NIFU frå 2008 viser at dette ofte ikkje er knytt til kvaliteten på studiet, men har ein personleg årsak. For sektoren under eitt bør vi framleis kunne vente forbetring i gjennomføringa.

Kandidatundersøkinga til NIFU for 2012 viser at fleirtalet av studentane er nøgde med undervisningskvaliteten. Kandidatundersøkinga for fagskolestudentar viser eit liknande bilete. Generelt er kandidatane i høgre utdanning likevel lite nøgde med tilbakemelding og rettleiing frå undervisningspersonalet, noko som kan tolkast som at mange saknar tettare oppfølging. NOKUT-rapporten Oppfatninger om kvalitet i høyere utdanning frå 2012 viser at studentar og tilsette hadde lik oppfatning om at tradisjonelle undervisningsformer fungerer best, og at studieprogram ofte manglar indre samanheng. Studentane var mest kritiske til undervisning og rettleiing. Vitskapleg tilsette såg låg studieinnsats, utilstrekkelege ressursar og svak leiing/tilrettelegging frå institusjonane som dei viktigaste problemområda. Eit sentralt funn i undersøkinga er at bachelorstudentar opplever dei største utfordringane, medan masterstudentar er meir nøgde.

Universiteta og høgskolane hadde frist ut 2012 med å beskrive læringsutbyttet i alle fag og studium i tråd med Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, medan fagskolane nyleg har starta dette arbeidet. Arbeidet med kvalifikasjonsrammeverket er viktig for kvalitetsarbeidet ved dei høgre utdanningsinstitusjonane og fagskolane. Ved å definere det samla læringsutbyttet for studie- og utdanningsprogramma og utarbeide læringsutbytteskildringar vert det enklare å sjå heilskapen i programma. Det kan vere viktig for å vidareutvikle kvaliteten i utdanningane.

NIFU-evalueringa PhD education in a knowledge society frå 2012 viser at den norske doktorgradsutdanninga har høg kvalitet. Samstundes er talet på nye doktorgradskandidatar dobla på under ti år. Utdanninga er godt finansiert, godt organisert og gir kandidatane gode karrieremoglegheiter. Gjennomføringa i doktorgradsutdanninga har òg vorte mykje betre i dei siste 20 åra. Av kullet som starta i 1980–81, hadde litt over 40 pst. gjennomført etter åtte år. Av dei som vart tekne opp på doktorgradsprogram i 2006, har 65 pst. disputert innan 2012. Gjennomføringa ligg likevel framleis under måltala sett i St.meld.nr. 35 (2008–2009) Klima for forsking. Dei som disputerte i 2011, brukte i snitt 5,1 år på å gjennomføre.

OECD-rapporten Education at a Glance 2012 viser at Noreg har flest studentar per fagleg tilsett blant OECD-landa. Medan talet på studentar har hatt ein stor vekst, har òg talet på tilsette ved universitet og høgskolar hatt ein jamn auke i dei siste ti åra. Delen faglege årsverk har hatt den største auken. I 2012 var det 11,2 studentar per fagleg tilsett i universitets- og høgskolesektoren.

Livslang læring

Gode etter- og vidareutdanningstilbod er avgjerande for omstillingsevne og for å medverke til at bedrifter og verksemder har tilsette med nødvendig kompetanse og ferdigheiter. Kompetansepolitikken må tilpassast behova til den einskilde og arbeidslivet og følgje den raske utviklinga i arbeidslivet. Sjå òg programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. Dei høgre utdanningsinstitusjonane har ei viktig rolle som tilbydarar av etter- og vidareutdanning.

Ein type vidareutdanning innanfor høgre utdanning er erfaringsbaserte masterprogram retta primært mot personar i arbeids- og næringsliv. I 2003 tilbydde sju institusjonar til saman 15 erfaringsbaserte program med totalt 340 registrerte studentar. I 2012 var talet auka til 29 institusjonar med tilbod om totalt 126 erfaringsbaserte mastergradsprogram med til saman 6 700 registrerte studentar.

Tilbod om fleksibel utdanning er sentralt i eit livslangt læringsperspektiv og for å sikre lik tilgang til høgre utdanning. Talet på studentar som nyttar fleksible utdanningstilbod, har auka frå 12 000 studentar i 2006 til 16 000 studentar i 2012. Dette er ein auke på 25 pst. Desse studentane utgjorde i 2012 om lag sju pst. av studentane i Noreg. Det er ein tydeleg tendens til at institusjonar med svak rekruttering har mange av studentane registrerte på studietilbod utanfor campus, medan institusjonar med god rekruttering har færre studentar på studietilbod utanfor campus.

Studentvelferd

Statistisk sentralbyrå har lagt fram to rapportar om levekår blant studentar (SSB 2011 og 2012). Desse rapportane samanliknar levekåra blant studentar i 2005 og i 2010. Rapporten frå 2011 viser mellom anna at talet på studentar med avbrot i studia har gått ned, at fleire studentar i 2010 enn i 2005 planlegg å fullføre ei utdanning på meir enn fire år, og at studentane er noko meir til stades ved studiestaden. Undersøkinga gir òg eit bilete av helsesituasjon, bustadsituasjon og nærmiljø, hushald, familiesituasjon og sosial kontakt, fritidsvanar og organisasjonstilknyting, økonomi og finansiering, studium og arbeid. Sjå òg omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Rapporten frå 2012 går nærmare inn på den økonomiske situasjonen til studentane og det å arbeide ved sida av studia. Undersøkinga viser at studentane har 16 pst. høgre bustadutgifter nominelt i 2010 enn i 2005, og at studentar i studentbustader heilt klart har dei lågaste bustadutgiftene.

Det har vore store satsingar på studentbustader i dei siste åra. Ordninga for oppføring av studentbustader er forvalta av Husbanken på vegner av departementet, og departementet følgjer tett opp. Regjeringa har i perioden 2006–13 gitt tilsegn om tilskott til bygging og rehabilitering av om lag 7 800 studentbustader, som utgjer om lag 1 000 studentbustader årleg. Det er framleis eit stort behov for studentbustader på grunn av auka opptak av nye studentar i dei siste åra. Bygging av studentbustader må sjåast i samanheng med bustadmarknaden elles og bustadpolitikken til regjeringa.

Figur 4.18 Tilsagn om tilskott til studentbustader 2001–2013

Figur 4.18 Tilsagn om tilskott til studentbustader 2001–2013

Departementet har lagt ansvaret for å forvalte studentvelferda til studentsamskipnadene. Det er gjort endringar i lov og forskrifter for å medverke til at studentsamskipnaden kan stå for god studentvelferd.

Strategiar og tiltak

Universitets- og høgskolesektoren og fagskolesektoren skal medverke til ei kunnskapsbasert samfunnsutvikling og sørgje for godt samspel og kunnskapsdeling mellom ulike kunnskapsaktørar. Vidare skal dei tilby den einskilde student god og relevant utdanning som grunnlag for personleg utvikling og samfunnsdeltaking. Dei følgjande strategiane og tiltaka skal leggje til rette for dette.

Langtidsplan for høgre utdanning og forsking

I forskingsmeldinga, Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter, varslar regjeringa ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Langtidsplanen skal innehalde politiske prioriteringar for forsking og høgre utdanning i eit tiårsperspektiv. Prioriteringane skal leggje føringar på investeringar i kunnskapsbygg, forskingsinfrastruktur, stipendiatar og studieplassar. Langtidsplanen skal vere eit verktøy for å spisse innsatsen på område der Noreg har strategiske fortrinn, og for å dekkje framtidige behov for kunnskap på viktige område. Sjå òg omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Utdanningskapasitet

Departementet vil føre vidare studieplassane som vart oppretta i 2009, 2011 og 2012 med opptrapping av nye kull. Det er behov for auka utdanningkapasitet innanfor særskilte fagområde som ingeniør- og maritim utdanning, rettsvitskap, medisin, master i film og fjernsyn, utøvande tradisjonshandverk, internasjonal beredskap og veterinærmedisin. Regjeringa foreslår derfor i tillegg om lag 400 nye studieplassar i 2014, som vil gi om lag 1 400 fleire studieplassar i 2019. Sjå nærmare omtale under kap. 260. Samla inneber den auka opptakskapasiteten om lag 24 800 fleire studieplassar i 2019 enn i 2005.

For å betre kunnskapen om framtidige kompetansebehov har departementet starta arbeidet med å utvikle eit overordna system for analyse og formidling av kompetansebehov i arbeidslivet, slik det er varsla i forskingsmeldinga. Sjå programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Profilerte, differensierte og robuste universitet og høgskolar

Det er viktig at universitet og høgskolar bruker målstrukturen som eit styringsverktøy for å synleggjere og følgje opp prioriteringane og ambisjonane sine. I styringsdialogen med dei statlege institusjonane er departementet oppteke av at den einskilde har verksemdsmål og styringsparametrar som tydeleg får fram profil og ambisjonar, strategiske prioriteringar og utfordringar.

Regjeringa foreslår å føre vidare satsinga på samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) i 2014. Hovuddelen av desse midlane foreslår departementet å løyve til fusjonsprosessar. Sjå omtale under kap. 260.

Senter for framifrå utdanning (SFU)

Regjeringa har etablert ordninga med Senter for framifrå utdanning (SFU) for å vidareutvikle kvaliteten i høgre utdanning. SFU-ordninga har til formål å stimulere til framifrå kvalitet gjennom systematisk arbeid for utvikling og innovasjon innanfor læringsmetodar og pedagogisk tilrettelegging av studentaktive arbeidsformer. Det pedagogiske utviklingsarbeidet skal vere basert på nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid. Resultata skal komme heile sektoren til gode gjennom spreiing av resultat. Det første senteret vart oppretta i 2011 innanfor lærarutdanning og er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø. Tre nye senter skal etablerast hausten 2013. NOKUT forvaltar ordninga for Kunnskapsdepartementet.

Gjennomgang av finansieringa av universitet og høgskolar

Modellen for finansiering av universitet og høgskolar har vore i drift i ti år og medverka til å nå mange av måla med Kvalitetsreforma. Det er likevel behov for å vurdere om finansieringa i større grad bør rettast inn mot auka kvalitet, fagleg robuste og tydeleg profilerte utdannings- og kompetansemiljø samt nokre internasjonale toppmiljø. Regjeringa har derfor sett ned eit offentleg utval som skal greie ut og gi råd om korleis statlege og private universitet og høgskolar bør finansierast i framtida. Utvalet skal levere innstillinga si innan utgangen av 2014.

Stortingsmelding om kvalitet i høgre utdanning

Kunnskapsdepartementet viser til oppmodingsvedtak nr. 528, 10. juni 2013 i samband med handsaminga av Innst. 372 S (2012–2013), jf. Meld. St. 18 (2012–2013),

«Stortinget ber regjeringen legge fram en stortingsmelding om studiekvalitet i høyere utdanning».

Departementet vil starte arbeidet med meldinga med å styrkje kunnskapen om kvalitet i høgre utdanning. Departementet foreslår ei forskingsbasert evaluering av kvalitet i høgre utdanning. Evalueringa skal vere framoverretta, det vil seie at ho skal gi retning for vidare utvikling av kvaliteten i høgre utdanning. Samla skal den styrkte kunnskapen gi eit betre grunnlag for utvikling av politikk og tiltak framover.

Tilgang til forskingsdata og forskingspublikasjonar

Betre tilgang til forskingsdata og forskingspublikasjonar medverkar til å forenkle forskingssamarbeid, samspel mellom høgre utdanning, forsking og innovasjon, og til å auke kvaliteten på forskinga. Eit sentralt tiltak i forskingsmeldinga er at regjeringa vil krevje at alle vitskaplege artiklar som er heilt eller delvis offentleg finansierte, skal publiserast ope eller eigenarkiverast etter avtale med utgivaren. Sjå òg omtale under kap. 280 post 51, kap. 281 post 01 og programkategori 07.70 Forsking.

Offentleg sektor-ph.d

I forskingsmeldinga varsla regjeringa utgreiing av offentleg sektor-ph.d., ei ordning for offentlege verksemder tilsvarande nærings-ph.d.-ordninga for private verksemder. Målet er å knyte forskinga og forskingsmiljøa tettare til innovasjonsarbeidet i offentleg sektor. Fleire aktørar, både ved forskingsinstitusjonane og i offentleg sektor, har etterlyst ei finansieringsmekanisme tilsvarande nærings-ph.d. Kunnskapsdepartementet har bedt Forskingsrådet om å sette i gang arbeidet med konkret forslag til ny ordning.

Profesjonsfaga og MNT-faga

Regjeringa vil halde fram med innsatsen for å styrkje kompetanse og forsking i profesjonsfaga. Det er nødvendig med ei tydelegare profilering av forsking og utdanning innanfor dei tradisjonelle profesjonsutdanningane, som lærarutdanning, helse- og sosialfagsutdanning og ingeniørutdanning. Utviklingsarbeidet ved institusjonane knytt til innføring av dei nye grunnskolelærarutdanningane og ny barnehagelærarutdanning vil bli følgt tett gjennom følgjegruppa for dei nye grunnskolelærarutdanningane og følgjegruppa for den nye barnehagelærarutdanninga.

Regjeringa vil òg framleis vere særskilt merksam på helse- og sosialfagleg utdanning som ei oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis. Som del av arbeidet til regjeringa for å auke kompetansen i barnevernet foreslår regjeringa å styrkje finansieringa av barnevernspedagogutdanninga. Regjeringa vil òg føre vidare satsinga til Noregs forskingsråd på praksisretta FoU i helse- og velferdstenestene.

Den nye rammeplanen for ingeniørutdanninga skal medverke til ei modernisering av studieprogramma. Lærestadane utviklar ingeniørutdanninga til å bli meir innovativ, tverrfagleg og forskingsbasert. Det er knytt tettare band med næringslivet òg utenlandske lærestadar. Dei ulike ingeniørutdanningane må byggje vidare på etablerte nettverk for å finne fram til gode løysningar for samarbeid og fagleg arbeidsdeling.

Forsking i MNT-fag og profesjonsfag er prioriterte område for regjeringa. Det er behov for fleire stipendiatar på desse fagområda. Departementet foreslår derfor 37 nye stipendiatstillingar innanfor MNT-faga og 23 nye stipendiatstillingar innanfor profesjonsfag. Regjeringa satsar òg på god tilrettelegging for yngre forskarar. Sjå programkategori 07.70 Forsking.

Fleksibel utdanning

Systematisk bruk av IKT kan både gjere studietilbod tilgjengelege utanfor campus og betre kvaliteten i høgre utdanning. Digitale verktøy i undervisning og læring er viktige for å utvikle fysiske, pedagogiske og sosiale læringsmiljø som byggjer på prinsippet om universell utforming. Det femårige teknologiske infrastrukturprogrammet, eCampus, som starta i 2012 vil gi universitet og høgskolar felles moderne digitale løysingar og verktøy, jf. kap. 280 post 72. Dette legg eit grunnlag for auka fagleg og administrativt samarbeid nasjonalt og internasjonalt, institusjonane imellom og i høve til arbeidslivet. Ved å bruke digitale samarbeidsverktøy og læringsressursar kan fleire institusjonar gå saman om å gi utdanning med ein kvalitet som det kan vere vanskeleg for ein institusjon å tilby på eiga hand. Det er særleg viktig å samarbeide om gode løysingar og rammer for digital eksamen.

Utviklinga av utdanningstilbod over Internett, mellom anna såkalla Massive Open Online Courses (MOOCs), inneber nye utfordringar og moglegheiter. Kunnskapsdepartementet har derfor satt ned eit offentleg utval som skal greie ut korleis Noreg bør møte utviklinga av MOOCs og liknande tilbod. Utvalet skal levere innstillinga si våren 2014.

Internasjonalisering

Forskingsmeldinga inneheld ei rekkje tiltak for å styrkje forankringa i internasjonalt forskingssamarbeid. Eit mål er å skape fleire forskings- og utdanningsmiljø i internasjonal toppklasse og å styrkje internasjonaliseringa generelt. Sjå òg programkategori 07.70 Forsking.

Internasjonalt samarbeid er viktig for å styrkje kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. God deltaking i EUs nye utdanningsprogram er viktig for å auke internasjonaliseringa av norsk utdanning. Regjeringa foreslår norsk deltaking i det nye EU-programmet Erasmus+. Sjå nærmare omtale under 07.50 Vaksenopplæring m.m. Regjeringa foreslår å styrkje Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) for rolla som nasjonalt koordineringskontor for det nye programmet. Sjå omtale under kap. 280 post 50. Regjeringa tek òg sikte på full norsk deltaking i EUs nye rammeprogram for forsking, Horisont 2020. Sjå nærmare omtale under 07.70 Forsking.

Departementet legg òg stor vekt på samarbeid med dei prioriterte samarbeidslanda utanfor EU, det vil seie Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika (BRIKS-landa) og Japan.

Den nordiske avtalen om tilgang til høgre utdanning er ført vidare for tre nye år som ein sentral del av samarbeidet for å skape eit nordisk utdannings- og forskingsfellesskap. Avtalen sikrar fri bevegelse for studentar mellom dei nordiske landa, og godskriving av eksamenar inngår. Avtalen er eit viktig ledd i arbeidet for å styrkje Norden som region internt og eksternt. Samarbeid og utveksling på tvers av grensene er ikkje minst viktig ut frå framtidig behov for ei kunnskapsbasert utvikling og eit konkurransedyktig næringsliv. Vidareføringa av avtalen er òg med på å styrkje konkurranseevna til dei nordiske landa i ei globalisert verd. Sjå òg kap. 281 post 01.

Gjennomgang av fagskolesektoren

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal vurdere plasseringa til fagskoleutdanningane i utdanningslandskapet og arbeidslivet. Utvalet skal sjå på opptaksgrunnlaget og vurdere korleis det best kan leggjast til rette for at studentar på ein formålstenleg måte kan bevege seg mellom fagskolar og høgre utdanning. Utvalet skal òg gjere ei vurdering av kva det betyr at fagskoleutdanninga skal vere yrkesretta. Utvalet skal i tillegg vurdere finansieringsordninga for fagskolar og foreslå alternative ordningar. Utvalet skal levere innstillinga si innan utgangen av 2014. Sjå òg kap. 276.

Studentvelferd

Lik rett til utdanning er viktig for utviklinga av eit rettferdig og demokratisk samfunn. Regjeringa vil at alle skal ha ein reell lik rett til høgre utdanning uavhengig av sosial og økonomisk bakgrunn. God studentvelferd er viktig for å gjennomføre studia og kan vere heilt avgjerande for å kunne ta høgre utdanning. Dette vil særleg gjelde høvet til å få ein rimeleg bustad. Departementet foreslår tilsegn om tilskott til bygging og rehabilitering av om lag 1 300 hybeleiningar i 2014. Sjå omtale under kap. 270 post 75.

Personale, mellombels tilsette og likestilling

Å gjere arbeid i forsking og utdanning til ein attraktiv karriereveg føreset god personalpolitikk med gode arbeidstilhøve og like moglegheiter for kvinner og menn. Det vil bli etablert ei prøveordning med ein kvote på opptil 300 tilsetjingar i innstegsstillingar innanfor einskilde fag som har hatt utfordringar med å rekruttere forskarar, jf. Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter. Innstegsstilling, eller tilsetjing på innstegsnivå, er eit mellombels tilsetjingsforhold med moglegheit for tilsetjing i fast stilling om dei fastsette kompetansekrava vert nådde i tilsetjingsperioden. Ordninga skal medverke til styrkt rekruttering av særleg talentfulle forskarar. Departementet har sendt eit forslag til endringar i universitets- og høgskolelova på høyring med forslag om mellom anna tilsetjing på innstegsvilkår.

Eit anna tiltak i forskingsmeldinga er å leggje til rette for større mobilitet av forskings- og utviklingspersonale mellom institusjonar, sektorar og land. Arbeidet med å leggje betre til rette for mobilitet vil bli ført vidare, mellom anna gjennom verkemidla som er utvikla i samarbeid med EU.

Universitet og høgskolar har i dag for høgt tal på mellombelse tilsetjingar og arbeider for å få ned talet. Departementet har utforma ein styringsparameter for dette i målstyringssystemet og tek opp problemstillinga i styringsdialogen med sektoren. I forskingsmeldinga er det varsla at institusjonar med høgst del av mellombels tilsette skal utarbeide handlingsplanar for å redusere denne, og at det seinare kan bli aktuelt med økonomiske verkemiddel.

Departementet vil i 2014 dele ut likestillingsprisen til det forskingsinstituttet, den høgskolen eller det universitetet som har dei beste likestillingstiltaka. Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif-komiteen) skal leggje fram forslag til korleis universitet og høgskolar raskare kan nå kjønnsbalanse i toppstillingar. Sjå nærmare omtale under del III kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering, og kap. 281 post 01.

Ekspertgruppe om tilsyn

Departementet har oppretta ei ekspertgruppe for å greie ut og presisere regelverket for bruk av statlege tilskott og eigenbetaling frå studentane, medrekna kravet til at midlane skal komme studentane til gode. Ekspertgruppa skal vurdere private høgskolar og fagskolar både med og utan statlege tilskott. Vidare skal gruppa greie ut og presisere tilsynsansvaret til departementet og føresegner om utbytte. Gruppa skal òg tilrå korleis tilsynet bør utførast og organiserast. Målet med arbeidet er å auke tryggleiken for at offentlege tilskott og eigenbetaling frå studentane kjem studentane til gode.

Bygg

Regjeringa foreslår startløyvingar i 2014 på til saman 80 mill. kroner til rehabilitering av bygg ved Noregs idrettshøgskole og nytt bygg for medisin og helsefag ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. I tillegg foreslår regjeringa 1,2 mrd. kroner til å føre vidare åtte byggjeprosjekt i sektoren, mellom anna dei fire prosjekta som fekk startløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013.

Nybygget for samlokalisering av Høgskolen i Bergen vil stå ferdig på Kronstad våren 2014.

Vedlikehald, ombygging og nybygg skal i sterkare grad enn før sjåast i samanheng med høgre utdannings- og forskingspolitikken, jf. omtale ovanfor og under programkategori 07.70 Forsking om langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. I tillegg har regjeringa i forskingsmeldinga, Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter, lagt vekt på å skaffe eit betre grunnlag for å kunne prioritere mellom behov for nye og rehabiliterte bygg for universitet og høgskolar og for å kunne sjå desse i samanheng med nasjonale mål for forsking og høgre utdanning. Institusjonane melder i dag inn byggjebehov til Kunnskapsdepartementet, men behova er skildra ulikt, og koplinga til nasjonale mål kan vere uklar. Kunnskapsdepartementet arbeider derfor med å få systematisert innmelde byggjebehov.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 468, 16. mai 2013 i samband med handsaminga av Dokument 3:4 (2012–2013), jf. Innst. 230 S (2012–2013):

«Stortinget ber Kunnskapsdepartementet mer aktivt følge opp at universiteter og høgskoler som forvalter egne bygg, har en god eiendomsforvaltning.»

Det er ei utfordring for Kunnskapsdepartementet, universitet og høgskolar å kunne ta igjen vedlikehaldsetterslepet i sektoren og samstundes gjennomføre eit systematisk arbeid med vedlikehald og tilpassing av eigedomsmassen. Departementet ser det som viktig for eigedomsforvaltninga i sektoren å sørgje for at institusjonane utviklar og forbetrar styringsdata og planverk for forvaltning, drift og vedlikehald av bygnings- og eigedomsmassen. Departementet har gitt tydelege signal om slike forventningar i styringsdialogen og i tildelingsbreva for 2013 og vil òg leggje vekt på dette i dei kommande åra. Det kan òg vere aktuelt å vurdere om Statsbygg i større grad kan nyttast som rådgivar, og om det bør leggjast betre til rette for kompetanse- og erfaringsoverføring institusjonane imellom på dette feltet.

Det er etablert ei internhusleigeordning ved dei fleste sjølvforvaltande institusjonane med sikte på rasjonell og økonomisk forsvarleg arealbruk. Departementet vil sørgje for at denne ordninga vert evaluert.

Regjeringa gjorde i 2013 eit konseptval for Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Konseptvalet inneber ei delt lokalisering med Vikingskipa inkludert vikingtidssamlinga på Bygdøy, Kulturhistorisk museum på Tullinløkka og magasinlokalet på Økern.

Regjeringa har sett i gang ei konseptvalutgreiing om noverande og framtidig arealbehov ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Kunnskapsdepartementet ønskjer å finne ei framtidig lokalisering av universitetet som sikrar tilstrekkeleg areal og moglegheiter for framtidig utviding. Utgreiinga er venta å vere ferdig i desember 2013. Departementet tek sikte på å få gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS1) av konseptvalet i 2014.

Departementet har sett i gang ei konseptvalutgreiing for Tromsø Museum ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet for å løyse arealbehova for magasin og utstillingslokale. Konseptvalutgreiinga vil bli avslutta i 2014.

Kunnskapsdepartementet har saman med Universitetet i Oslo og Høgskolen i Oslo og Akershus gjennomført ei konseptvalutgreiing for klinikkfasilitetar for Det odontologiske fakultet ved universitetet. Utgreiinga vart stilt ferdig våren 2013 og er til ekstern kvalitetssikring (KS1).

Kap. 260 Universitet og høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

50

Statlege universitet og høgskolar

25 092 367

26 451 926

27 921 127

70

Private høgskolar

985 391

1 087 015

1 139 866

Sum kap. 0260

26 077 758

27 538 941

29 060 993

Post 50 Statlege universitet og høgskolar og post 70 Private høgskolar

Mål for 2014

Sektormåla gjeld alle universitet og høgskolar som får tildeling eller tilskott frå Kunnskapsdepartementet. I sektormåla legg departementet vekt på behova til samfunnet og eigenarten ved institusjonane. Sektormåla er i stor grad avhengige av kvarandre. Departementet legg til grunn at sektormåla skal vere langsiktige og gi ei stabil ramme som institusjonane kan utvikle sine eigne strategiar og planar innanfor. Måla for universitets- og høgskolesektoren er følgjande:

  • Universitet og høgskolar skal gi utdanning av høg internasjonal kvalitet i samsvar med behov i samfunnet.

  • Universitet og høgskolar skal i tråd med eigenarten sin utføre forsking, kunstnarleg og fagleg utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet.

  • Universitet og høgskolar skal vere tydelege samfunnsaktørar og medverke til internasjonal, nasjonal og regional utvikling, formidling, innovasjon og verdiskaping.

  • Universitet og høgskolar skal ha effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsrolla si.

  • Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet skal byggje opp, drive og halde ved like museum med vitskaplege samlingar og utstillingar for publikum.

Statlege universitet og høgskolar har fått delegert myndigheit til å fastsetje eigne verksemdmål innanfor sektormåla og forventningar og prioriteringar frå regjeringa. Verksemdmål og tilhøyrande strategiar og planar skal uttrykke profil, prioriteringar, utfordringar og ambisjonar ved den einskilde institusjonen. Resultata, strategiane og måla til institusjonane er sentrale tema i styringsdialogen mellom departementet og styret for institusjonen.

Rapport for 2012

Stortinget løyvde til saman om lag 26,1 mrd. kroner til universitet og høgskolar i 2012 over kap. 260 postane 50 og 70. Nedanfor følgjer eit oversyn over resultata av den totale løyvinga til sektoren, innanfor dei fem sektormåla.

Mål: Universitet og høgskolar skal gi utdanning av høg internasjonal kvalitet i samsvar med behov i samfunnet

Utbygging av studieplassar, auka rekruttering til viktige fagområde og auka tal på uteksaminerte kandidatar har medverka til at vi i dag står betre rusta til å møte behova i samfunnet. Fleire gjennomfører utdanninga på normert tid, og utdanningsinstitusjonane arbeider systematisk med å utvikle kvaliteten og relevansen. Kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning har lagt til rette for å sikre læringsutbytte for studentane. Evalueringar frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) tyder likevel på at det framleis er kvalitetsutfordringar i sektoren.

Høgre utdanning og behov i samfunnet

Framskrivingar viser at behovet for høgt utdanna arbeidskraft vil auke. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB 2012) tyder på at det særleg vil vere behov for ingeniørar og andre med realfagsbakgrunn, helsearbeidarar og lærarar.

Tal frå Samordna opptak viser ein auke i talet på søkjarar til høgre utdanning i 2012 med 6,3 pst. samanlikna med 2011. I 2012 var det om lag 117 691 søkjarar. I snitt var det om lag 2,3 førstevalssøkjarar per utlyste studieplass. Det er lærestader i og nær dei større byane som har flest og best kvalifiserte søkjarar. I tillegg var det ein auke i talet på søkjarar gjennom lokale opptak. Departementet har særleg lagt til rette for auka rekruttering til helse-, lærar-, realfags- og teknologiutdanningane. Fleire har søkt seg til desse utdanningane i dei siste åra.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012 vart det delt ut midlar til om lag 1 000 nye studieplassar. Det medverka til at institusjonane kunne møte den auka tilgangen på studentar hausten 2012. Studieplassane medverkar særleg til å dekkje kompetansebehov innanfor realfag og teknologi, helsefag og barnehagelærar- og lærarutdanning. Studieplassane vart fordelte på grunnlag av påviste behov og til institusjonar som hadde eit godt rekrutteringsgrunnlag og kapasitet til å ta opp fleire studentar.

Hausten 2012 var det registrert om lag 239 000 studentar ved statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar. Det er ein auke på om lag 9 700 studentar frå 2011. Det viser at institusjonane tek samfunnsansvar og arbeider godt for å møte etterspurnaden etter høgre utdanning i befolkninga.

Talet på uteksaminerte kandidatar har òg auka. I 2012 vart det uteksaminert om lag 40 100 kandidatar. Dette tilsvarar 1 700 fleire enn året før. Dei tre fagområda med flest kandidatar i 2012 var samfunnsvitskap, økonomisk og administrativ utdanning og sjukepleiarutdanning. Fleirtalet av bachelorkandidatane vert uteksaminert frå høgskolane, medan fleirtalet av masterkandidatane vert uteksaminert frå universiteta.

Kvalitet

Universitet og høgskolar er ansvarlege for kvaliteten i utdanningane sine.

Det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning vart vedteke i 2009. Kvalifikasjonsrammeverket inneheld krav til nivåskildringar av læringsutbytte for kandidatar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Institusjonane hadde frist innan utgangen av 2012 til å definere læringsutbyttet i fag- og studieplanar for alle studieprogramma. Rammeverket gjer det enklare for den einskilde og for arbeids- og næringslivet å forstå den kompetansen kandidatane har etter fullført utdanning. Kvalifikasjonsrammeverket føreset ei samlande og målretta leiing av det einskilde utdanningsprogrammet. Innføringa av kvalifikasjonsrammeverket er viktig for å vidareutvikle utdanningane ved institusjonane, og leggje til rette for heilskaplege studieprogram. Arbeidet med kvalifikasjonsrammeverket har gjort synleg behovet for pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving for dei vitskapleg tilsette.

NOKUT har ei sentral rolle i kvalitetssikringssystemet i norsk høgre utdanning gjennom tilsyn og akkreditering av utdanningar. Det er viktig å både utvikle ny tilsynsmetodikk og å føre tilsyn med allereie akkrediterte institusjonar. NOKUT har i 2012 fått erfaring frå dei to første trinna i eit pilotprosjekt om tilsyn med eksisterande utdanningar. Prosjektet vil halde fram til hausten 2014 og er ei viktig satsing på kvalitet i utdanningane hos dei institusjonane som allereie er akkrediterte. Sjå òg kap. 280 post 01. Gjennomføring er ein indikasjon på kvalitet i utdanningane. Med god undervisning og tett oppfølging vil studentane forbetre progresjonen i utdanninga. I 2012 avla studentane i snitt 45,5 studiepoeng der ein tek høgde for at nokre studentar ikkje studerer på heiltid. Det var om lag same nivå som i 2011 (45,8), og noko høgre enn i 2010 (44,6). I 2012 avla studentane 85,6 pst. av planlagde studiepoeng i samsvar med avtalt studieplan. Dette tyder på at mange studentar ikkje planlegg å gjennomføre på normert tid. For sektoren under eitt er det framleis potensial for forbetring i gjennomføring.

Centre for Professional Learning in Teacher Education (ProTed) er Noregs første Senter for framifrå utdanning og er oppretta innanfor lærarutdanning. Senteret er et samarbeid mellom Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø. Det vart formelt opna våren 2012. Senteret skal medverke til å utvikle og spreie forskingsbasert kunnskap og innovative praksisar knytte til design og oppgåveformer i ei integrert lærarutdanning. For å nå måla sine driv senteret utstrekt samarbeid mellom aktuelle partnarar.

Profesjons- og MNT-utdanningane

Gode og relevante profesjonsutdanningar er avgjerande for å løyse viktige samfunnsutfordringar i dag og i framtida.

I tillegg til å byggje ut studiekapasiteten ved desse utdanningane er det arbeidd med å betre utdanningane i samsvar med kompetansebehova i arbeids- og næringslivet. Det vart i 2012 utvikla ny rammeplan for barnehagelærarutdanninga. Planen gjeld for nye studentar frå hausten 2013. Kunnskapsdepartementet arbeidde i 2012 med nye rammeplanar for fleire lærarutdanningar. Desse vart fastsette som forskrifter i 2013:

  • femårig lektorutdanning for trinna 8–13

  • treårige faglærarutdanningar i praktiske og estetiske fag

  • treårig yrkesfaglærarutdanning

  • eittårig praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag

Lærarutdanningsinstitusjonane kan sjølve velje om dei vil følgje forskriftene allereie frå hausten 2013. Frå hausten 2014 må alle institusjonar som tilbyr utdanningane, følgje forskriftene.

Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis inneheld ein samla nasjonal kunnskapspolitikk for helse- og sosialfaglege utdanningar i framtida. Meldinga tek utgangspunkt i kompetansebehova i helse- og velferdstenestene. Målet er at utdanningane betre skal kvalifisere kandidatane til å utøve yrket med grunnlag i heilskapleg kunnskap basert på både forsking og praktisk erfaring. I 2012 vart det initiert prosessar med sentrale aktørar. Samspillsrådet vart oppretta for å drøfte prinsipielle og overordna tema og gi råd i det vidare arbeidet. Rådet er sett saman av representantar for fleire departement, arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar, Norsk studentorganisasjon og universitets- og høgskolesektoren. Universitets- og høgskolerådet (UHR) fekk i oppdrag å gjennomføre eit nasjonalt prosjekt for å styrkje den sosialfaglege kompetansen på tvers av dei eksisterande utdanningane.

Det er behov for fleire ingeniørar for å vidareutvikle det norske samfunnet. Det har vore ei jamt god søkning til ingeniørutdanningane i dei siste åra. Med dei nye rammeplanane for utdanninga, som gjeld frå hausten 2012, er moderniseringa av studieprogramma starta. Lærestadene utviklar ingeniørutdanninga til å bli meir innovativ, tverrfagleg og forskingsbasert. Det er knytt tettare band til næringslivet og lærestader i andre land. Dei ulike ingeniørutdanningane har òg etablert eit nettverk for å finne fram til gode løysingar for samarbeid og fagleg arbeidsdeling.

For å følgje opp strategien Realfag for framtida og for å vidareutvikle kvaliteten i matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag (MNT-fag) er det sett i verk tiltak for å betre rekrutteringa, særleg blant jenter. Det er òg sett i gang kompetansetiltak for lærarar for å betre kvaliteten på undervisninga og utvikle nye læringsmetodar. RENATE-senteret ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet speler ei koordinerande rolle med mellom anna prosjekta ENT3R og ALFA rollemodellbyrå både for rekruttering og for å spreie kunnskap om MNT-fag blant ungdom.

Internasjonalisering

Internasjonalisering av utdanninga er ein viktig del av arbeidet med utvikling av kvaliteten. I tråd med ambisjonane i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning tyder indikatorane på at norsk høgre utdanning vert meir internasjonal.

Engelskspråklege utdanningstilbod er nødvendig for å trekkje til seg utanlandske studentar. I 2012 vart det tilbydd meir enn 220 engelskspråklege mastergradsutdanningar ved norske lærestader. Dette er på same nivå som i 2011.

Talet på utanlandske studentar var på om lag 19 250 i 2012, og utgjorde om lag åtte pst. av studentmassen. Delen utanlandske studentar varierer mykje mellom lærestadene, frå eit par pst. til om lag 20 pst. I 2012 var svenskar den største gruppa av studentar med utanlandsk statsborgarskap, følgde av russarar, tyskarar og kinesarar. Talet på utvekslingsstudentar som tek delar av utdanninga i Noreg og får ho innpassa i graden ved institusjonen i heimlandet, var om lag 6 400 i 2012. I dei siste åra har det komme flest utvekslingsstudentar frå Tyskland, følgde av studentar frå Frankrike og Spania.

Talet på utvekslingsstudentar frå Noreg til andre land har auka. I 2012 var det nærmare 5 700 norske utvekslingsstudentar.

Profilerte, differensierte og robuste universitet og høgskolar

Strategien om auka samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) omfattar tiltak og prosessar som skal auke kvaliteten i høgre utdanning og forsking gjennom å skape meir profilerte institusjonar og robuste fagmiljø. SAK-strategien vart etablert som eit svar på utfordringane knytte til institusjonsstruktur og samhandlingsmønster i universitets- og høgskolesektoren, jf. NOU 2008: 3 Sett under ett.

I statsbudsjettet for 2012 vart det løyvt til saman 50 mill. kroner til tiltak for å fremje SAK. Tildelinga av midlar er basert på universiteta og høgskolane sine omtalar av SAK-prosessar i deira rapportar og planar for 2011/2012. Hovuddelen av midlane vart fordelte til større regionale SAK-prosessar der fleire institusjonar er involverte, mellom anna fusjonsprosessane mellom høgskolane i Buskerud og Vestfold og mellom Universitetet for miljø- og biovitskap og Noregs veterinærhøgskole. Frå 1. januar 2014 vert desse institusjonane slåtte saman til Høgskolen i Buskerud og Vestfold og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.

Av fagleg samarbeid i 2012 vart det tildelt midlar til tiltak innanfor barnehagelærarutdanninga ved Høgskolen i Vestfold, Høgskolen i Hedmark og Universitetet i Stavanger. Det vart òg tildelt midlar til eit SAK-prosjekt i marin forsking i nordområda. Prosjektet vert leia av Universitetet i Tromsø og har som mål å oppnå ei meir grunnleggjande forståing av det marine miljøet i det sentrale og nordlege Barentshavet.

Universitets- og høgskolerådet (UHR) fekk midlar i 2012 for å koordinere ulike nasjonale SAK-tiltak. Mange av desse prosjekta går over fleire år og vil bli rapporterte på når resultata ligg føre. Dei faglege prosjekta omfattar mellom anna arbeidsdeling i humanistiske fag, prosjekt knytte til MNT-fag og prosjekt knytte til utdanningsleiing.

Den årlege rapporteringa frå institusjonane viser eit utstrakt samarbeid mellom institusjonane i sektoren, men òg at det er meir utfordrande å få til arbeidsdeling og konsentrasjon

Mål: Universitet og høgskolar skal i tråd med eigenarten sin utføre forsking og kunstnarleg og fagleg utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet

Sidan Kvalitetsreforma vart innført, peiker ei rekkje indikatorar på at forskinga i universitets- og høgskolesektoren er styrkt. Det har vore ei kompetanseheving blant dei vitskapleg tilsette. Forskingsvolumet, målt i både vitskaplege publikasjonar og avlagde doktorgradar, har auka. Innverknaden til norske forskarar, målt gjennom siteringar, har òg auka, og ligg no godt over verdsgjennomsnittet. Det har slik sett vore ei god utvikling på området, men kvaliteten kan framleis bli betre, særleg med tanke på å utvikle nokre universitet som hevdar seg internasjonalt.

Kvalitet i forskinga

Noregs forskingsråd er ein viktig aktør i arbeidet med å styrkje kvaliteten i norsk forsking og sikre at det vert forska på relevante område for samfunnet. Å få tildelingar frå Forskingsrådet er eit teikn på kvalitet i forskinga. Tildelingar frå Forskingsrådet medverkar til meir strategisk bygging av kompetanse og fagmiljø. Samla tildeling frå Forskingsrådet til universitet og høgskolesektoren var i 2012 på om lag 2,2 mrd. kroner. Dette er om lag på same nivå som i 2011. Inntektene frå Forskingsrådet utgjer i overkant av åtte pst. av statstilskottet til alle universitet og høgskolar. Over tid har størrelsen på inntektene frå Forskingsrådet samanlikna med statstilskottet gått tilbake.

Vitskaplege publikasjonar er den viktigaste kanalen for forskarane for å formidle resultata av forskinga. I dei siste ti åra har vitskapleg publisering blant tilsette ved norske universitet og høgskolar auka sterkt. Publiseringa heldt fram med å vekse i 2012, med ein oppgang på om lag seks pst. frå året før. Publiseringa ligg no på om lag 0,83 poeng per fagleg stilling. Det tilsvarer i underkant av ein artikkel per forskar kvart år. Den sterke veksten i publisering har medverka til at Noregs del av forskingsproduksjon i verda har auka. Med om lag 2,12 vitskaplege publikasjonar per tusen innbyggjarar er Noreg på ein femteplass på verdsbasis.

Ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF) er eit av Forskingsrådets viktigaste verkemiddel for å dyrke fram toppmiljø. Forskingsrådet peikte i 2012 ut 13 nye forskingsmiljø som får status som SFF frå 2013. Alle desse er lokaliserte ved universitet: fire i Oslo, tre i Bergen, fire i Trondheim, eitt på Ås og eitt i Tromsø. Sentra har stor fagleg breidd og femner om eit stort spenn av problemstillingar, sjølv om hovudvekta ligg på MNT-fag og medisin- og helsefag.

Regjeringa har òg auka satsinga på Fri prosjektstøtte (FriPro), som er det største verkemiddelet for universitets- og høgskolesektoren i Forskingsrådet. 37 pst. av dei over 4 000 søknadene frå universiteta i dei siste to åra gjekk til FriPro. Statlege høgskolar søkjer Forskingsrådet i langt mindre omfang enn universiteta, noko som er naturleg ut frå eigenart og kompetanseprofil. Høgskolane har likevel nesten like høg tilslagsprosent i Forskingsrådet som universiteta, 27 pst. mot 29 pst.

Dei profesjonsretta programma, som Praksisretta utdanningsforsking (PRAKUT) og Strategiske høgskoleprosjekt (SHP), har medverka til å styrkje forskinga og kvaliteten i profesjonsfaga som særleg høgskolane har ansvar for. Programma har òg vore viktige for å styrkje samspelet mellom forsking, utdanning og yrkesfeltet. SHP-satsinga har gitt auka merksemd om forskings- og utviklingsarbeid og har styrkt forskingskvaliteten og -kompetansen ved høgskolane. Satsinga vart ført vidare i 2012 til SHP II, og nye prosjekt har fått midlar. Midlane gjennom desse programma medverkar òg til betre samspel mellom næringsliv, offentleg sektor og forskingsmiljø. Sjå òg omtale under kap. 281 post 50.

Doktorgradsutdanning

Noreg har satsa sterkt på forskarrekruttering i dei siste ti åra, og ligg på eit høgt internasjonalt nivå når det gjeld talet på doktorgrads-kandidatar per mill. innbyggjarar.

Institusjonane hadde i 2012 samla 3 199 stipendiatstillingar. 2 864 av desse stillingane var øyremerkt frå Kunnskapsdepartementet.

Talet på avlagde doktorgradar held fram med å auke og nådde i 2012 sitt høgste nivå nokon gong med 1 461 avlagde doktorgradar. Dette er ein oppgang på 132, eller ti pst., frå året før. Delen utanlandske statsborgarar som disputerer, er større enn nokon gong og var i 2012 på 35 pst. Delen utanlandske statsborgarar som disputerer var særleg høg i dei teknologiske faga, nærmare 70 pst.

I alt 21 universitet og høgskolar tildelte doktorgradar i 2012, og det vart akkreditert ni nye doktorgradsprogram. Til saman har no 25 institusjonar rett til å tildele doktorgrad. Dei fire eldste universiteta stod for 85 pst. av dei nye doktorgradskandidatane. Medisin har sidan 2008 vore det største fagområdet for nye doktorgradskandidatar. I 2012 var det òg flest som avla doktorgrad i medisin, følgt av matematiske og naturvitskaplege fag.

Det er eit politisk mål å få fleire yngre doktorgradskandidatar og fremme kjønnsbalanse på dei ulike fagområda i doktorgradsutdanninga. Medianalderen for doktorgradskandidatar har gått ned i dei siste femten åra. Medianalderen samla for alle fagområde i 2012 var i overkant av 34 år. Det er òg ei positiv utvikling i kjønnsbalansen. Kvinnedelen blant dei som disputerte i 2012, var på 49 pst. Delen kvinner som disputerer, varierer frå fagområde til fagområde, frå 62 pst. i medisin- og helsefag til 20 pst. i teknologi.

Nordisk institutt for studium av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) evaluerte norsk forskarutdanning i 2012 og la fram rapporten PhD education in a knowledge society. Evalueringa viser at doktorgradsutdanninga held høg kvalitet, er godt finansiert og organisert og gir kandidatane gode karrieremoglegheiter. Den raske utbygginga av doktorgradsutdanninga, med nesten ei dobling av doktorgradsstudentar på åtte år, har skjedd utan at det har gått utover kvaliteten. Dette er gjort mogleg på grunn av standardisering, merksemd om kvalitet og effektivitet og ved at ein større del av forskarane er involverte i doktorgradsutdanningane. Evalueringa viser at utanlandske kandidatar medverkar positivt til fagmiljøa, men mange må integrerast betre i fagmiljøa.

Rapporten Utlendinger med norsk doktorgrad – hvor blir de av? En undersøkelse basert på registerdata frå NIFU 2013 viser at to tredelar av utlendingane med doktorgrad i teknologiske fag er yrkesaktive i Noreg to år etter avlagd grad. Tilsvarande gjeld for om lag halvparten av alle utlendingane som tek doktorgradsutdanning, uansett fag. Det er kvaliteten på forskingsmiljøa og korleis kandidatane er integrerte i forskingsmiljøa, som avgjer om Noreg evnar å trekkje til seg og halde på dei beste kandidatane.

Rapporten Stipendiatar og doktorgradsgjennomføring (NIFU 2012) viser at det har vore ei positiv utvikling i delen som fullfører doktorgradsutdanninga. Frå slutten av 1980-åra til 2010 har delen stipendiatar som fullfører doktorgraden i løpet av åtte år, auka frå 42 til 76 pst. Gjennomsnittleg tidsbruk låg på 5,5 år fram til 2008, men har gått ned i dei siste åra. Blant dei som disputerte i 2011, var tidsbruken på 5,1 år. Dei kvinnelege doktorane bruker jamt over noko lengre tid enn dei mannlege. Stipendiatar i matematikk og naturvitskap har høgre gjennomføringsgrad enn stipendiatar i dei andre fagområda.

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid

Det nasjonale Program for kunstnarleg utviklingsarbeid er delt i eit prosjektprogram og eit stipendiatprogram. Stipendiatprogrammet er ein parallell til doktorgradsutdanninga og medverkar til å heve kompetansen i kunstmiljøa og til at kunstfaga skaper innsikt i og forståing for menneskelege og samfunnsmessige samanhengar. Frå stipendiatprogrammet vart innført i 2003 har til saman 21 kandidatar fullført. I 2012 fullførte tre stipendiatar. Sjølv om dette er eit relativt nytt program under utvikling, er det grunn til å følgje ekstra nøye med på gjennomføringa framover. Prosjektprogrammet har god søkning. Elleve av 25 søknader fekk tildeling i 2012, noko som tilsvarer ein tilslagsprosent på 44. Sjå nærmare omtale under kap. 280 post 51 og kap. 281 post 01.

Forsking i MNT-fag og profesjonsfag

Utvikling i driftsutgifter til FoU per fagområde viser ein auke for matematiske, naturvitskapelege og teknologiske fag (MNT-fag) i dei siste ti åra etter stillstand i 1990-åra. Talet på nye doktorgradsavtalar i MNT-faga går derimot nedover. Denne trenden er svært tydeleg i teknologifag. Nedgangen kjem delvis av at satsane for stipendiatstillingane er høgre. Forskingsrådet finansierer derfor færre stillingar. Det er truleg at talet på nye doktorandar i MNT-faga vil falle om ikkje opptaket vert høgre. Fullføringa i MNT-fag er betre enn på andre fagområde. Dette reduserer potensialet for å få fleire doktorgradar i MNT-faga ved å betre fullføringsraten.

Ei rekkje evalueringar tyder på ein svak forskingsprofil og ei svak arbeidsdeling i nokre av dei korte profesjonsutdanningane. Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis foreslo ei rekkje tiltak for å møte utfordringane knytte til forskingsinnsatsen i profesjonsfaga. I 2012 vart det etablert eit FoU-program i Forskingsrådet om praksisretta forsking i helse- og velferdstenestene (PraksisVEL). Satsinga rettar seg mot helse- og velferdstenestene og dei høgskolane og universiteta som tilbyr utdanning for desse tenestene. For å styrkje kvaliteten i tenestene er det nødvendig å skape betre samanheng mellom forsking, utdanning og praksis.

Internasjonalisering

Midlar frå EUs rammeprogram for forsking er den største utanlandske kjelda til finansiering ved norske universitet og høgskolar. Universiteta og høgskolane henta i 2012 ut 218 mill. kroner frå EUs rammeprogram for forsking. Universiteta mottok 93 pst. av EU-midlane som gjekk til sektoren. Inntekter frå rammeprogramma utgjer ein mindre del av inntektene ved norske universitet enn ved universitet i dei andre nordiske landa. Inntektene sektoren har frå EUs rammeprogram for forsking var 256 mill. kroner i 2011, og sank dermed med 15 pst. frå 2011 til 2012. Alle dei fire eldste universiteta opplevde nedgang. Den langsiktige trenden er likevel at inntektene frå EUs rammeprogram aukar, frå 121 mill. kroner i 2006 til 218 mill. kroner i 2012.

Delen internasjonalt samforfatta vitskaplege publikasjonar er ein sentral indikator på internasjonalt forskingssamarbeid. Samla sett for universitets- og høgskolesektoren har delen internasjonalt samforfatta artiklar auka frå om lag 42 pst. i 2011 til 44 pst. i 2012.

Mål: Universitet og høgskolar skal vere tydelege samfunnsaktørar og medverke til internasjonal, nasjonal og regional utvikling, formidling, innovasjon og verdiskaping

Samfunnsrolla til institusjonane og dei langsiktige strategiane var eit hovudtema i styringsdialogen i 2012. Den politiske merksemda om dette har ført til at samfunnsrolla og samhandlinga med omgivnadene er tydelegare profilert og innlemma i strategiane og verksemda til universiteta og høgskolane.

Universitet og høgskolar som samfunnsaktørar

Institusjonane har i 2012, som ei oppfølging av St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja, arbeidd vidare med Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA). Etableringa av slike råd skal mellom anna formalisere samarbeidet med andre samfunnsaktørar og styrkje relevansen av utdanningstilboda.

Omfanget av bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) utanom Noregs Forskingsråd- og EU-midlar gir ein indikasjon på i kva grad institusjonane er etterspurde FoU-aktørar og attraktive leverandørar av etter- og vidareutdanning. Med bidrag meiner ein økonomisk støtte frå nasjonale eller internasjonale finansieringskjelder til aktivitetar. Med oppdrag meiner ein prosjekt som institusjonen utfører på oppdrag frå eksterne oppdragsgivarar. I 2012 utgjorde BOA-inntektene for dei statlege institusjonane 1,8 mrd. kroner, eller om lag 5,5 pst. av dei totale driftsinntektene. Inntektene har lege på om lag same nivå sidan 2004. BOA-inntektene har gått ned frå 8,7 til 5,5 pst. av dei samla inntektene sidan 2004 fordi dei offentlege løyvingane har auka. Sjå tabell 2.13 i vedlegg 2. Delen BOA-inntekter varierer mykje frå institusjon til institusjon. Samla for sektoren kom 64 pst. av BOA-inntektene frå bidrag og 36 pst. frå oppdrag i 2012. Det er ei endring på seks prosentpoeng sidan 2009 i favør av oppdragsfinansiert verksemd. Næringslivet er den viktigaste kjelda til BOA-inntekter, og i tillegg aukar finansiering frå stiftingar.

Innovasjon og verdiskaping

Det er ei utfordring å finne gode indikatorar på innovasjon og verdiskaping i universitets- og høgskolesektoren. Omfanget av mottekne forretningsidear, nye lisensieringskontraktar, nye etablerte føretak, registrerte patent og patentsøknader kan likevel danne eit bilete på kor innovative norske universitet og høgskolar og Technology Transfer Offices er. Talet patentsøknader har auka med om lag 24 pst. frå 2011 til 2012. Talet på lisensieringskontraktar har auka frå elleve i 2007 til 53 i 2012. Delen mottekne forretningsidear har òg gått merkbart opp, hovudsakleg ved universiteta, frå 561 mottekne forretningsidear i 2011 til 681 i 2012. Talet nye føretak som vart etablerte i 2012, gjekk noko ned frå nivået i 2010 og 2011. Dette kan sjåast i samanheng med at forskingsresultat i større grad vert kommersialiserte gjennom lisensieringar ved eksisterande bedrifter fordi det er kostnadskrevjande å starte føretak.

Auken i kommersialiseringsaktiviteten ved universitet og høgskolar viser teikn til ein endra kultur og bevisstgjering. Institusjonane har òg større merksemd på immaterielle rettar, og dette gjeld i tiltakande grad høgskolane. Det vart i 2012 ført vidare eit breitt verkemiddelapparat for å nå måla for forsking, utdanning og innovasjon. For omtale av nokre av desse verkemidla, som Verkemiddel for regional FOU og Innovasjon (VRI), FORNY-programmet og Strategisk høgskoleprosjekt (SHP). Sjå kap. 281 post 50.

Formidling og ope tilgjengeleg forsking

Universitet og høgskolar formidlar resultat frå forsking i mange kanalar og til ulike publikum. Det finst ikkje ei total oversikt over omfanget av formidling i sektoren, men talet på registrerte formidlingsbidrag er høgt. I dokumentasjonssystemet CRIStin vart det registrert 19 500 ulike formidlingsbidrag i 2012, noko som er om lag på same nivå som året før. Mediebidrag er den hyppigast registrerte formidlingsaktiviteten. Deretter følgjer konferansebidrag og foredrag.

Open tilgang til vitskaplege artiklar inneber at lesaren får kostnadsfri tilgang til artiklane via Internett. Talet på ope tilgjengelege eigenarkiverte artiklar auka med over 1 400 frå 2011 til 2012. Eigenarkivering inneber at forskaren lagrar ein kopi av ein artikkel som er publisert i eit tidsskrift med avgrensa tilgang, i eit ope digitalt arkiv. Delen eigenarkiverte artiklar er likevel framleis låg samanlikna med det totale talet på publiserte artiklar. Det er stort potensial for å auke delen ytterlegare. Fleire universitet og høgskolar og Forskingsrådet har vedteke ein politikk for open tilgang som krev at forskarane lagrar ein kopi av artiklane sine i eit ope digitalt arkiv, så sant utgivarane tillèt det. Nokre tidsskrift med open tilgang tek publiseringsavgift for å finansiere tidsskriftet. Nokre institusjonar har derfor sett av midlar til å dekkje slike kostnader for forskarar som ønskjer å publisere i tidsskrift med open tilgang.

Mål: Universitet og høgskolar skal ha effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsrolla si

Effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane er avgjerande for å nå dei andre måla som er sette for sektoren. Med innføringa av ny målstruktur frå 2012 har universiteta og dei statlege høgskolane fått delegert myndigheit til å fastsetje eigne verksemdmål og tilhøyrande styringsparametrar. Dette legg betre til rette for at institusjonane kan synleggjere og følgje opp strategiane for utvikling av verksemda.

Økonomistyring

Universitet og høgskolar finansierer verksemda gjennom direkte løyvingar frå Stortinget, forskingsfinansiering frå Forskingsrådet og EU, annan bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) og andre inntekter, til dømes sals- og leigeinntekter eller studieavgifter for dei private høgskolane. Løyvinga over kap. 260 utgjer hovuddelen av finansieringa for universiteta og høgskolane. Denne har auka monaleg i dei siste ti åra og utgjer ca. 26,1 mrd. kroner i 2012. Den resultatbaserte delen av løyvinga har vore stabil og utgjer om lag 24 pst.

Statlege universitet og høgskolar hadde om lag 34,1 mrd. kroner i samla driftsinntekter i 2012. Det er om lag same nivå som i 2011. Om lag 85 pst. av inntektene er tildeling frå Kunnskapsdepartementet og andre departement og statlege etatar. Desse tildelingane har auka med om lag 821 mill. kroner frå 2011, tilsvarande 2,9 pst. Sjå tabell 3.2 i vedlegg 3, som viser inntekter etter inntektskjelde.

Statlege universitet og høgskolar er nettobudsjetterte institusjonar med særskilde fullmakter og kan overføre midlar mellom budsjettåra. Det gir rom for avsetning til større investeringstiltak, vedlikehald og tiltak som går over fleire år. Dei økonomiske avsetningane til planlagde tiltak i framtidige budsjettår var på om lag 3,1 mrd. kroner ved utgangen av 2012. Det er om lag same nivå som i 2011. Dette svarer til om lag 12,1 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet i 2012. Sjå tabell 3.3 i vedlegg 3, som viser forholdet mellom kontantbehaldning, kommande kostnader og avsetningar.

Å ha godt oversyn over den økonomiske situasjonen og faktorar som vil påverke økonomien framover, er sentral styringsinformasjon for institusjonane. Rapporteringa frå dei statlege institusjonane viser at om lag ein tredel av institusjonane har innført langtidsbudsjett, og om lag ein tredel har planar om å innføre dette i 2013.

Private høgskolar som mottek løyving over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, hadde om lag 2,5 mrd. kroner i bokførte inntekter i 2012. Tilskott frå staten utgjorde om lag 1 mrd. kroner, ein auke på 119 mill. kroner frå 2011. For nokre av dei private høgskolane viser rekneskapane svak soliditet. Med utgangspunkt i rekneskapsrapporteringa kartlegg departementet risiko og har ein særskild dialog og oppfølging av desse institusjonane.

Forvaltning og intern kontroll

I rapporten frå Riksrevisjonen om den årlege revisjonen og kontrollen for budsjettåret 2011 fekk fire institusjonar vesentlege merknader til økonomiforvaltninga. Kunnskapsdepartementet har i 2012 hatt tett oppfølging av desse institusjonane, og dei er pålagde å lage handlingsplanar med fristar for å rette opp dei omtalte forholda i Dokument 1.

Departementet gjennomførte i 2011–12 ei kartlegging for å få meir informasjon om budsjett- og økonomistyringsmodellar i sektoren. Institusjonane har merksemd på god organisering, system og kompetanse for å medverke til god styring, men det er framleis rom for forbetring. Departementet følgjer opp resultata frå kartlegginga i samarbeid med sektoren.

Administrativt samarbeid

Departementet har oppfordra institusjonane til administrativt samarbeid for å få ei meir effektiv ressursutnytting og betre kvalitet i forvaltninga. Kunsthøgskolen i Oslo og dei statlege vitskaplege høgskolane i Oslo er små institusjonar. Dei har avgrensa moglegheit til å utvikle kompetanse innanfor breidda av administrative oppgåver. Departementet har i 2010 og 2011 tildelt midlar til eit samarbeid på det administrative området mellom Noregs musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Oslo og Arkitektur- og designhøgskolen. På innkjøpsområdet har institusjonane sett i gang eit samarbeid med felles innkjøpskompetanse. Institusjonane er framleis i ein prosess for å få til konkrete løysingar. Departementet har sett i gang ei utgreiing for å auke omfanget av arbeidsdeling på det administrative området, med sikte på å betre kvalitet og å skape mindre sårbare institusjonar på dette området.

I 2012 vart det ført vidare ei forsøksordning med samarbeid på innkjøpsområdet ved Universitetet i Bergen og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Fleire institusjonar viser aukande interesse for å delta i denne ordninga, som førebels er i ei pilotfase. Ei kartlegging institusjonane har gjennomført, viser at det er behov for å arbeide vidare med organisering, opplæring, rammeavtalar og støtteverktøy. Prosjektet fekk SAK-midlar i 2011. Prosjektet held fram med arbeidet til og med 2013.

Høgskolen i Bergen, Universitetet i Agder, Universitetet i Nordland og Universitetet i Stavanger starta i 2012 eit samarbeid om etablering av internrevisjon. Første revisjon og testpilot skal etter planen gjennomførast i 2013. Prosjektet fekk SAK-midlar i 2011.

Personale, mellombels tilsette og likestilling

Universiteta og høgskolane har eit hovudansvar for å gjere forskarkarriera attraktivt, for rekruttering og for å leggje til rette for gode arbeidstilhøve og kompetanseutvikling. Det er ei politisk målsetjing å redusere mellombelse stillingar i sektoren og betre kjønnsbalansen i toppstillingane.

Mange institusjonar har ein høg del mellombels tilsette. Frå 2012 innførte departementet derfor ein nasjonal styringsparameter på delen mellombels tilsette i mål- og resultatstyringssystemet. Høgst er delen blant undervisnings- og forskarstillingar, med om lag 19 pst. i 2012. Dei to største gruppene i denne kategorien er forskarar på eksternt finansierte prosjekt og universitets- og høgskolelektorar finansierte over grunnbudsjettet. Når det gjeld administrative stillingar, er det vanskeleg å sjå nokon klar grunn til at tala er høgre enn i arbeidslivet elles. Samla var delen mellombels tilsette i dei tre kategoriane undervisnings- og forskarstillingar, saksbehandlar- og utgreiingsstillingar og støttestillingar 16,9 pst. i 2012, eitt prosentpoeng mindre enn året før.

Det er fleire institusjonar som har hatt ein betydeleg reduksjon i mellombelse tilsetjingar i denne perioden, medan andre framleis har utfordringar på området. Den positive framgangen ved nokre institusjonar kan tyde på at rommet for forbetring er stort hos andre.

Kjønnsbalansen har vorte betre i dei siste åra. Halvparten av alle årsverk i sektoren vert utført av kvinner, men det er store skilnader i dei ulike stillingsgruppene og mellom fagområda. Kvinnedelen minkar med stigande stillingsnivå i faglege stillingar. Over halvparten av stipendiatane og universitets- og høgskolelektorane er kvinner, mot berre 24 pst. av professorane. Kvinner utgjorde 35 pst. av nytilsette professorar i 2012, men variasjonen er stor mellom fagområda. Kvinner utgjer mellom 34 og 43 pst. av nytilsette professorar i humaniora, samfunnsfag, medisin og helsefag og primærnæringsfaga, men berre 18–19 pst. i matematiske, naturfaglege og teknologiske fag. Kvinnedelen blant førsteamanuensane varierer òg mykje, frå 63,5 pst. i medisin til 19,5 pst. i teknologi.

Bygg, vitskapleg utstyr og infrastruktur

I alt disponerte universitets- og høgskolesektoren 3,3 mill. kvm. areal i 2012. Av dette vart om lag 0,8 mill. kvm leigde av Statsbygg, om lag 0,7 mill. kvm leigde av private og stiftingar, og om lag 1,8 mill. kvm var sjølvforvalta bygg. Dei institusjonane som sjølve forvaltar eigedommane sine, er Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Tromsø, Universitetet for miljø- og biovitskap, Noregs handelshøgskole, Noregs idrettshøgskole og Noregs veterinærhøgskole.

I 2012 var sju ordinære byggjeprosjekt under oppføring i universitets- og høgskolesektoren: nytt samlokaliseringsbygg for Høgskolen i Bergen, nybygg og rehabilitering for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus, nytt sentralbygg for Høgskulen i Sogn og Fjordane, ny universitetsklinikk for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, nytt odontologibygg ved Universitetet i Bergen, rehabilitering av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo og nytt teknologibygg for Universitetet i Tromsø. I tillegg var fleire kurantprosjekt under oppføring.

To ordinære byggjeprosjekt vart ferdigstilte i 2012. Sentralbygget for Høgskulen i Sogn og Fjordane har samla aktivitetane ved høgskolen på ein stad, ved Fosshaugane Campus. Bygget har vorte eit samlingspunkt for høgskolen, med felles bibliotek og læringssenter, kantine, studenttorg og administrasjon. Odontologibygg for Universitetet i Bergen har samla odontologi og tannpleiarutdanningane ved universitetet og tilhøyrande laboratorium. I tillegg gir nybygget plass til tannlegevakt og sentralklinikk for Bergen, den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland og eit odontologisk kompetansesenter for Vest-Noreg.

I 2012 vart òg eit større kurantprosjekt stilt ferdig, eit tilbygg til Domus Medica ved Universitetet i Oslo. Bygget har gitt plass til fleire medisin- og odontologistudentar i universitetet sine lokale på Gaustad, og med betre studiefasilitetar. Nye laboratorium med dyrestall vil medverke til å styrkje ytterlegare den biomedisinske forskinga ved universitetet.

Høg kvalitet på forskingsinfrastruktur, som moderne vitskapleg utstyr, avanserte laboratorium og infrastruktur for samling og handsaming av data, er ein føresetnad for at universitet og høgskolar skal kunne drive utdanning og forsking av høg kvalitet på internasjonalt nivå. Forskingsrådets nasjonale strategi for forskingsinfrastruktur og Norsk vegkart for forskingsinfrastruktur vart oppdatert i 2012. Sjå omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Andre saker

Departementet har følgt opp informasjonstryggleiken i sektoren gjennom tilsynsaktivitet og oppfølging av rapporteringa. Der det er avdekt avvik med omsyn til formalkrava i retningslinjene, har departementet bedt institusjonane følgje opp desse avvika.

UNINETT AS har på oppdrag frå departementet etablert og sett i drift eit sekretariat for informasjonstryggleik med tryggleiksansvarlege frå kvar institusjon. Nettverket har eit eige sekretariat. Dei fleste av dei store og mellomstore institusjonane har tilfredsstillande merksemd og aktivitet på området, medan fleire av dei mindre institusjonane har avgrensa kompetanse.

I revidert nasjonalbudsjett for 2012, jf. Prop. 111 S (2011–2012), viste departementet til at investeringskostnadene og driftskostnader ved igangsetjing av tilbod om mettingsdykkarutdanning ved Høgskolen i Bergen hadde vist seg å bli urimeleg høge. Regjeringa foreslo å avvikle prosjektet. Stortinget tok dette til etterretning, jf. Innst. 375 S (2011–2012). Høgskolen i Bergen har starta eit arbeid med å avvikle prosjektet med sikte på å selje dykkarlekter og utstyr på den opne marknaden. Dette arbeidet har vore krevjande og har så langt ikkje ført til sal. Departementet er i dialog med Høgskolen i Bergen og oljeselskapa om vidare prosess for avvikling av prosjektet.

Rosenborgsaka omhandla handteringa til staten av tilfelle knytte til utvikling av hematologisk kreft hos tidlegare studentar og tilsette ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Departementet nedsette ei rådgivande medisinsk ekspertgruppe (Dybingutvalget), som i 2008 laga ein rapport om saka. I rapporten står det: «Ekspertgruppa tilrår at det blir gjennomført ei epidemiologisk oppfølging av Rosenborgkohorten om 5 år for å sjå om det eventuelt skulle komme nokon tilfelle til. Dette ville styrkje oppfatninga om at førekomsten av den opphavlege clusteren ikkje var ei tilfeldig hending.» Rosenborgkohorten er ei nemning på ei gruppe på 8 153 studentar, doktorgradskandidatar og tilsette som alle har hatt tilknytning til Rosenborg-laboratoria frå dei opna i 1960. Departementet har starta eit arbeid med å gjennomføre ei epidemiologisk oppfølging av Rosenborgkohorten i tråd med tilrådinga til ekspertgruppa.

Mål: Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Tromsø skal byggje opp, drive og halde ved like museum med vitskaplege samlingar og utstillingar for publikum

Noreg har seks universitetsmuseum; Vitskapsmuseet ved NTNU, Universitetsmuseet i Bergen ved UiB, Arkeologisk museum ved UiS, Kulturhistorisk museum ved UiO, Naturhistorisk museum ved UiO og Tromsø Museum ved UiT. Sikring, bevaring og formidling av den kulturhistoriske og naturhistoriske arva er den viktigaste forvaltningsoppgåva til universitetsmusea. Samlingane inneheld fleire millionar objekt, og mange av desse har stor nasjonal og internasjonal verdi. Det er lagt ned mykje arbeid og ressursar over fleire år til sikring og bevaring av samlingane. Tre av musea har i dei siste åra leigd eksterne lokale for store deler av magasina, for på den måten å løyse utfordringane med bevaring og sikring.

Den strategiske FoU-satsinga ved universitetsmusea gjennom Noregs forskingsråd, jf. kap. 281 post 50, medverkar til å utvikle og auke aktiviteten ved musea, samt å styrkje forskarrekrutteringa i museumsfaga og samarbeidet mellom musea. Tildelingane til FoU-satsinga er på 5 mill. kroner årleg frå 2009 fram til 2014. Den strategiske FoU-satsinga har til dømes resultert i den nordiske forskarskolen i biosystematikk (ForBio) og ein nettportal for kunnskapsformidling om arkeologi (norark.no), som er under etablering. Vitskapsmuseet har i 2012 sikra startfinansiering for å utvikle Norwegian Barcode of Life (NorBOL) til ein nasjonal infrastruktur på DNA-strekkoding av norske artar. Nettverket omfattar 16 institusjonar i Noreg.

Universitetsmusea er viktige arenaer for profilering av universiteta mot eit breiare publikum. I 2012 besøkte over 1,5 millionar personar universitetsmusea. Dette tilsvarar om lag 150 000 fleire besøkjande enn i 2011. Populære utstillingar som til dømes Ida ved Naturhistorisk museum og Afghanistan-utstillinga ved Vitskapsmuseet, gir mange besøkjande og stor variasjon mellom år.

Digitalisering av samlingane er viktig for både forsking, formidling og bevaring ved universitetsmusea. Det varierer mykje mellom musea kor stor del av samlingane som er digitaliserte og tilgjengelege på nettet.

Universitetsmusea publiserer godt, og publiseringspoeng per faglege stilling ligg godt over snittet ved universiteta. Universitetsmusea har sett ambisiøse mål for å auke omfanget av og heve kvaliteten på forskinga.

Riksrevisjonen har tidlegare peikt på utilstrekkelege forhold for sikring og bevaring ved musea. Framleis er det stor variasjon mellom musea når det gjeld sikring og bevaring. Kunnskapsdepartementet har i perioden 2008–12 tildelt om lag 50 mill. kroner øyremerkt sikring og bevaring av samlingane. I tillegg prioriterer universiteta midlar til dette. Situasjonen for sikring og bevaring av samlingane har betra seg ved musea i dei seinare åra, grunna tiltak i eksisterande lokale og leige av eksterne magasinlokale. Fleire av utfordringane for sikring og bevaring kan ikkje løysast innanfor den bygningsmassen universitetsmusea har i dag.

Som ein del av Kunnskapsdepartementets oppfølging av St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale har departementet gjennomført eigne styringsmøte med universitetsmusea og universitetsstyra. Frå og med 2012 vil ein halde slike møte ved behov. Departementet har registrert at strategiane til universitetsmusea i større grad har vorte ein del av universiteta sine strategiar. Alle dei seks universitetsmusea er i ein prosess med tanke på nybygg eller omfattande rehabilitering.

Budsjettforslag for 2014 for postane 50 og 70

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på om lag 29,1 mrd. kroner over kap. 260 i 2014, fordelte med om lag 27,9 mrd. kroner til universitet og statlege høgskolar over post 50, og om lag 1,1 mrd. kroner til private høgskolar over post 70. Dette omfattar både den langsiktige og strategiske delen og den resultatbaserte utteljinga knytt til utdanningsinsentiva og forskingsinsentiva.

Den resultatbaserte utteljinga til forsking utgjer om lag 1,6 mrd. kroner av den samla løyvinga til universiteta og høgskolane i 2014. For utdanningsinsentiva inneber den resultatbaserte utteljinga ein auke på om lag 219,9 mill. kroner på post 50 og om lag 7,7 mill. kroner på post 70 i 2014.

Utdanning

Regjeringa foreslår å løyve 19 mill. kroner i 2014 til om lag 400 nye studieplassar for å løyse særskilte utfordringar i sektoren. Midlane vil bli trappa opp til studieplassane er fullt utbygde. Dette vil utgjere over 1 400 studieplassar i 2019 og innebere samla om lag 196,8 mill. kroner i varig auka finansiering til universitet og høgskolar i 2022 gitt at avlagde studiepoeng er på same nivå som talet på studieplassar. For omtale av utgiftene til Lånekassen, sjå programkategori 07.80 Studiestøtte. Kunnskapsdepartementet vil prioritere midlar til studieplassar i ingeniørutdanning, særleg ved institusjonar i Nord-Noreg og på Vestlandet. Dei nordnorske institusjonane må samarbeide for å møte behova for teknologisk kompetanse i landsdelen. Ein del av plassane vil institusjonane knyte til y-vei i ingeniørutdanninga. Departementet vil òg prioritere maritim utdanning, rettsvitskap og medisinutdanning og foreslår vidare midlar til oppretting av ei forskarline i veterinærmedisin. Noreg har i motsetning til mange andre land ikkje master i film og fjernsyn, og departementet foreslår midlar til etablering av ei slik utdanning. Kunnskapsdepartementet foreslår òg å styrkje dei utøvande kunstutdanningane gjennom midlar til ei utdanning i utøvande tradisjonshandverk. Departementet ser positivt på samarbeidet mellom Høgskolen i Harstad og Høgskolen i Narvik om ei ny utdanning i internasjonal beredskap og vil tildele midlar for at institusjonane kan opprette denne utdanninga.

For å halde fram kapasitetsauken i høgre utdanning foreslår regjeringa om lag 225,9 mill. kroner i 2014 over kap. 260 post 50 og om lag 10,4 mill. kroner over post 70 til vidareføring og opptak av nye kull for studieplassar oppretta i samband med budsjetta for 2009, 2011 og 2012. Dette inneber ein auke på om lag 2 900 studieplassar frå 2013 til 2014. Departementet legg til grunn at universiteta og høgskolane medverkar til å fylle dei nye studieplassane som er oppretta, og til å møte regionale og nasjonale kompetansebehov på prioriterte område.

Frå budsjettet for 2011 vart dei nye grunnskolelærarutdanningane innplasserte i kategori D i finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Auken i finansieringa skjer over fire år, parallelt med opptrapping av nye kull i utdanningane. For 2014 inneber det ein auke i løyvinga på om lag 27 mill. kroner på kap. 260 post 50 og om lag 1 mill. kroner på kap. 260 post 70. I tillegg kjem midlar som resultat av at desse utdanningane gir resultatbasert utteljing i kategori D i utdanningsinsentiva frå og med budsjettet for 2013.

Behovet for stipendiatstillingar, særleg i matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag (MNT-fag) og profesjonsfag er stort framover. Forskingsmeldinga framhevar behovet for å styrkje kompetanse og forsking i profesjonsfaga. Kunnskadepartementet foreslår å opprette 60 nye stipendiatstillingar innanfor MNT-fag og profesjonsfag. Departementet foreslår dermed å løyve om lag 20,8 mill. kroner i 2014 til nye stipendiatstillingar frå hausten 2014. Stillingane vert oppretta med 1/3 effekt i 2014. Heilårseffekten frå 2015 vil være om lag 62,3 mill. kroner. Tildelinga innanfor MNT-faga går i hovudsak til dei tre største universiteta, medan tildelinga innanfor profesjonsfaga først og fremst rettar seg mot dei nye universiteta og høgskolane som kan vise til gode resultat og fagmiljø av ein viss størrelse.

Som eit ledd i arbeidet med å auke kompetansen i barnevernet foreslår regjeringa å styrkje barnevernspedagogutdanninga gjennom ei kategoriheving frå F til E i finansieringssystemet for universitet og høgskolar frå hausten 2014. Målet med styrkinga av barnevernspedagogutdanninga er å utvikle kvaliteten, mellom anna gjennom meir robuste fagmiljø og tettare samarbeid med arbeidslivet. Dette inneber ein auke i løyvinga på 12,5 mill. kroner i 2014. Utgangspunktet for løyvinga i 2014 er avlagte 60-studiepoengseinheiter (SPE) i 2012. Kategorihevinga vil fasast inn over tre år. Gitt same nivå på SPE i 2014 som i 2012, vil styrkinga utgjere om lag 41,8 mill. kroner frå og med 2016, inkludert utteljing frå utdanningsinsentiva i finansieringssystemet. Departementet forventar at institusjonane legg til rette for godt samspel mellom barnevernspedagogutdanninga og dei andre sosialfaglege utdanningane, jf. Meld St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis og NOU 2009: 8 Kompetanseutvikling i barnevernet og Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernsloven.

Det er behov for arkivfagleg kompetanse fleire stader i landet. I dag er det arkivfagleg utdanning ved Høgskolen i Oslo og Akershus og Universitetet i Oslo. Departementet foreslår å løyve om lag 5,8 mill. kroner til å etablere eit nytt bachelorstudium i arkivfag ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Mellom anna er det behov for ei slik utdanning knytt til flytting av Norsk helsearkiv og Arkivverkets sentraldepot til Tynset.

Profilerte, differensierte og robuste universitet og høgskolar

Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare løyvinga på 50 mill. kroner til tiltak for å fremje samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) i 2014. Av desse midlane foreslår departementet å løyve 43 mill. kroner til støtte for fusjonar med konkrete resultat. Departementet foreslår å løyve 15 mill. kroner til fusjonen mellom Universitetet for miljø- og biovitskap og Noregs veterinærhøgskole, 12,5 mill. kroner til fusjonen mellom Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Finnmark, 12,5 mill. kroner til fusjonen mellom Høgskolen i Buskerud og Høgskolen i Vestfold og 3 mill. kroner til fusjonen mellom Høgskolen i Oslo og Akershus og Norsk Institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) og Arbeidsforskingsinstituttet (AFI). Departementet ser positivt på samarbeidet mellom Høgskolen i Telemark og Universitet i Agder og foreslår i tillegg 2 mill. kroner til høgskolen i 2014. Departementet ønskjer fleire gode prosjekt som medverkar til arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon, og vil prioritere å fordele dei resterande SAK-midlane til slike prosjekt i 2014.

Høgskolen i Telemark har barnehagelærarutdanning i Drammen. Høgskolen i Telemark, Høgskolen i Buskerud og Høgskolen i Vestfold er samde i at det er formålstenleg at barnehagelærarutdanninga i Drammen vert overført til den fusjonerte Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Drammen vil framleis vere studiestad for utdanninga. Ei slik ordning er i tråd med SAK-politikken for universitets- og høgskolesektoren. Departementet foreslår å overføre midlar knytte til barnehagelærarutdanninga i Drammen frå Høgskolen i Telemark til Høgskolen i Buskerud og Vestfold med verknad frå hausten 2014.

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og Noregs veterinærhøgskole er samde i at det er formålstenleg med tettare tilknyting mellom Seksjon for arktisk veterinærmedisin (SAV) ved Noregs veterinærhøgskole, og fagmiljøa ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Departementet foreslår å flytte midlar knytte til overføring av SAV i 2014 frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

Kunnskapsbygg

Regjeringa foreslår, over Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett, ei startløyving på 30 mill. kroner i 2014 til rehabilitering av bygg ved Noregs idrettshøgskole. Rehabiliteringsprosjektet omfattar hovudsakleg gymnastikkbygget, sentralbygget og symjehallen. Rehabiliteringa er avgjerande for å sikre god kvalitet i utdanninga for studentane, og leggje til rette for at andre brukargrupper framleis kan bruke lokala ved høgskolen. Prosjektet skal etter planen vere ferdig i andre halvår 2017. Samla kostnadsramme for prosjektet er 837 mill. kroner (per juli 2014). Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med forslag til utstyrsløyving.

Regjeringa foreslår, over Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett, 50 mill. kroner i startløyving til nytt bygg for medisin- og helsefag, byggjetrinn to (MH2), ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Nybygget skal sikre funksjonelle lokale for studentar og tilsette, medverke til eit godt arbeids- og læringsmiljø og gi rom for auka utdannings- og forskingsaktivitet. Nybygget vil bli tilpassa eksisterande bygg for medisin og helsefag, som er lokalisert saman med Universitetssjukehuset i Nord-Noreg. Bygget skal etter planen stå ferdig i 2017. Samla kostnadsramme for prosjektet er 1 283,9 mill. kroner (per juli 2014). Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med forslag til utstyrsløyving.

Startløyvingane for prosjekta vil bli gitte over kap. 1580 post 31. Sjå Prop. 1 S (2013–2014) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

I tillegg foreslår regjeringa om lag 1,2 mrd. kroner i 2014 til å føre vidare og avslutte åtte ordinære byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren. Sjå Prop. 1 S (2013–2014) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, kap. 1580 post 33 og kap. 2445 post 33. Dette omfattar mellom anna vidareføring av fire nybygg og rehabiliteringsprosjekt som fekk startløyving i revidert nasjonalbudsjett for 2013: nytt teknologibygg ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, nybygg for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet på Ås, nybygg for samlokalisering av Kunst- og designhøgskolen i Bergen og rehabilitering av Universitetsmuseet ved Universitetet i Bergen, fase 1. Sjå tabell 2.14 og 2.15 i vedlegg 2 for oversikt over byggjeprosjekta, inkludert kurantprosjekt. Sjå òg tabell 2.17, 2.18 og 2.19 for prosjekt i planleggingsfasen.

Regjeringa foreslår, over Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett, å løyve 20 mill. kroner i 2014 for å føre vidare prosjekteringa av eit nytt anlegg for livsvitskap, farmasi og kjemi ved Universitetet i Oslo. Samla kostnad for prosjekteringa er av Statbygg anslått til 250 mill. kroner. Anlegget skal sikre Noreg internasjonal konkurransekraft innanfor livsvitskap, gjennom oppdaterte lokale og utstyr og ved å leggje til rette for tverrfagleg forsking og eit breitt samarbeid med mellom anna bioteknologiselskap, sjukehus og helseføretak.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 135,6 mill. kroner i 2014 til utstyr og inventar til tre pågåande byggjeprosjekt, mellom anna 50 mill. kroner til nybygga for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet på Ås. Dette er eit stort og komplekst byggjeprosjekt som stiller høge krav til brukarutstyr over eit breitt spekter, mellom anna utstyr til laboratorium og til dyrehald, avansert medisinteknisk utstyr og anna forskingsinfrastruktur. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med forslag til samla utstyrsramme for prosjektet. For rehabiliteringa av Urbygninga ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet legg departementet opp til ei samla utstyrsramme på 55,3 mill. kroner og foreslår ei løyving på 41,4 mill. kroner i 2014. For nytt teknologibygg ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet har departementet fordelt løyvinga til brukarutstyr over to år og foreslår å løyve siste del på om lag 44,2 mill. kroner i 2014.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 41 mill. kroner i husleigekompensasjon for det nye samlokaliseringsbygget for Høgskolen i Bergen, som skal stå ferdig våren 2014. Midlane vil bli lagt inn i budsjettramma til høgskolen. Det vil i budsjettet for 2015 vere behov for ytterlegare husleigekompensasjon for å dekkje heile året. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 3 mill. kroner til husleige ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Løyinga vil leggast inn i budsjettramma til høgskolen. Departementet legg til grunn at høgskolen dekkjer resterande kostnader til husleige innanfor eksisterande rammer.

Departementet har sett i gang ei konseptvalutgreiing (KVU) som skal vurdere framtidig utbygging for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Det er behov for mellombelse løysingar for å skaffe nok areal for dei humanistiske og samfunnsvitskaplege miljøa på Dragvoll. Departementet foreslår å tildele NTNU 10 mill. kroner i 2014 over kap. 260 post 50 og kap. 281 post 01 til husleige for midlertidige lokale. Kunnskapsdepartementet tek sikte på å føre dette vidare som ei årleg løyving over ein periode på anslagsvis ti år.

Andre saker

Statens pensjonskasse har varsla dei statlege institusjonane i sektoren om at arbeidsgivardelen av pensjonspremien vil bli auka frå 12,2 pst. til 13,2 pst. frå 2013 til 2014. Dette inneber ein kostnadsauke for institusjonane på om lag 200 mill. kroner i 2014 samanlikna med året før. Ved overgangen til nettobudsjettering vart kostnadane institusjonane hadde til pensjonspremie til Statens pensjonskasse kompensert med auka løyving. Den samla kompensasjonen fram til og med 2014 er framleis høgre enn den samla kostnaden til pensjonspremie.

Universitetet i Oslo arbeider med sikte på at Norsk folkemusikksamling vert overført frå Universitetet i Oslo til Nasjonalbiblioteket frå 1. januar 2014. Overføringa vil styrkje grunnlaget for god og langsiktig forvaltning av kjeldene til folkemusikken.

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte tilskottet til Seanse på 0,5 mill. kroner frå kap. 225 post 74 til kap. 260 post 50. Midlane vil leggjast inn som ein del av den årlege rammeløyvinga til Høgskulen i Volda. Vidare foreslår departementet å styrkje løyvinga til Seanse med 0,5 mill. kroner. Seanse er ein del av Avdeling for kulturfag ved høgskolen.

Kap. 270 Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

71

Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

15 128

15 627

16 174

74

Tilskott til velferdsarbeid

72 427

74 817

77 436

75

Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

259 132

250 223

358 981

Sum kap. 0270

346 687

340 667

452 591

Post 71 Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

Posten omfattar midlar til Fulbright-programmet og Association of Norwegian Students Abroad (ANSA). Fulbright er eit samarbeidsprogram med USA som mellom anna gir stipend til studentar og forskarar som reiser til USA. ANSA er ein interesseorganisasjon og studentsamskipnad for norske studentar i utlandet.

Mål for 2014

Tilskottet skal medverke til internasjonal mobilitet for studentar og forskarar.

Rapport for 2012

I 2012 vart det løyvt 7,2 mill. kroner til Fulbright-programmet over dette kapitlet. Løyvinga har gått til stipendprogrammet og medverka til å støtte særleg kvalifiserte søkjarar i studium på master- og doktorgradsnivå i USA. Løyvinga har òg medverka til å støtte forskarar frå Noreg i USA. Om lag 52 norske studentar fekk i 2011–12 stipend over dette programmet for å studere eller forske i USA.

Det vart løyvt 7,9 mill. kroner til ANSA i 2012. Løyvinga har gått til informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet og utgifter til tilrettelegging for studium i utlandet og studentvelferd for norske studentar i utlandet.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å løyve om lag 16,2 mill. kroner over kap. 270 post 71 i 2014. Beløpet omfattar ei løyving til Fulbright Foundation på om lag 7,7 mill. kroner og ei vidareføring av løyvinga til ANSA med om lag 8,5 mill. kroner.

Departementet tek sikte på å gjennomgå løyvinga til Fulbright Foundation.

Post 74 Tilskott til velferdsarbeid

Posten omfattar tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Tilskottet til studentsamskipnadene vert i hovudsak gitt som grunntilskott og tilskott per student. Tilskottet vert gitt til drift av studentsamskipnadene slik at dei kan gi studentane rimelege velferdstilbod.

Mål for 2014

Tilskottsordninga skal medverke til studentvelferd ved utdanningsinstitusjonane og til å fremme interessene til studentane.

Rapport for 2012

For 2012 vart det ikkje løyvt øyremerkte tilskott til studentbarnehagar, men i fordelinga av midlar vart det teke særskilt omsyn til studentbarnehagane, i tråd med tidlegare fordelingsnøkkel. Samla vart det utbetalt om lag 72,4 mill. kroner over posten i 2012. Av dette var om lag 67,5 mill. kroner tilskott til 24 studentsamskipnader, med totalt om lag 200 000 medlemmer.

Regjeringa la våren 2012 fram forslag til endringar i studentsamskipnadslovgivinga. Endringane vart vedtekne 12. juni 2012 og tredde i kraft 1. januar 2013. Dei skal sikre ei god og robust studentvelferd og inneheld blant anna krav om kvalifisert fleirtal for styrevedtak i nokre konkrete saker som inneber at den økonomiske risikoen for studentsamskipnadene aukar, vaslingsplikt samt ei presisering av studentsamskipnaden si moglegheit til å tilby tenester til andre enn studentar.

Det vart i 2012 utbetalt om lag 4,9 mill. kroner til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Desse var International Students' Union of Norway (ISU), Norsk studentorganisasjon (NSO), BI studentsamfunn (BIS), Ergoterapistudentane (ERGON) og Organisasjon for norske fagskolestudentar (ONF).

Statistisk sentralbyrå har lagt fram to rapportar om levekår blant studentar, i 2011 og 2012. Desse rapportane samanliknar levekåra blant studentar i 2005 og i 2010. For nærmare omtale, sjå kategoriinnleiinga og programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at ein ved utrekninga av tilskott til studentsamskipnadene for 2014 skal føre vidare ordninga frå 2009 når det gjeld studentbarnehagar, noko som inneber at alle studentsamskipnader som har barnehagar, får ekstra tilskott.

Tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar vil bli gitt etter søknad. Departementet foreslår å føre vidare ordninga frå 2013 med at mindre studentorganisasjonar, der medlemmene òg er representerte gjennom andre større landsomfattande organisasjonar, og der det ikkje er særlege interesser som skal fremmast, til dømes utanlandske studentar i Noreg, ikkje får tilskott over denne posten.

Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftingar, for bygging av studentbustader. Husbanken forvaltar tilskottsordninga for Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2014

Tilskottsordninga skal sikre bygging av studentbustader og medverke til å sikre ein rimeleg bustadsituasjon for studentar. Studentbustadene er eit supplement til den private bustadmarknaden.

Rapport for 2012

Regjeringa ga i 2012 tilsegn om tilskott til bygging og rehabilitering av 1 039 hybeleiningar. Den faktiske auken i talet på studentbustader vil likevel variere noko frå år til år, avhengig av mellom anna oppføringstakt. Auken var på om lag 482 hybeleiningar frå 2011 til 2012. På grunn av omstrukturering og sal av bustader vil ikkje auken alltid samsvare med oppføringa av nye bygg per år. I 2012 vart 744 hybeleiningar ferdigstilte. Ved utgangen av 2012 disponerte studentsamskipnadene 33 477 hybeleiningar.

Budsjettforslag for 2014

Det er eit mål for regjeringa at alle skal kunne ta høgre utdanning. Derfor er studentbustader eit viktig tiltak. Kunnskapsdepartementet tek sikte på å finansiere om lag 1 300 nye hybeleiningar i 2014 og foreslår derfor å løyve om lag 359 mill. kroner over kap. 270 post 75 i 2014. Departementet vil kunngjere invitasjonen til å søkje om tilskott til studentbustader for 2014 i oktober 2013. Departementet har vurdert regelverket for oppføring av studentbustadene og har mellom anna komme til at kostnadsramma og tilskottet bør aukast. Departementet foreslår å auke kostnadsramma med 100 000 kroner og auke tilskottssatsen med 20 pst. per hybeleining samanlikna med nivået i dag.

Den øvre kostnadsramma i pressområda Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger, Drammen, Kristiansand og Bodø vert frå 2014 på 800 000 kroner per hybeleining, der 300 000 kroner er fast statstilskott. Den øvre kostnadsramma i landet elles vert frå 2013 på 700 000 kroner per hybeleining, der 240 000 kroner er fast statstilskott.

Departementet føreset at husleiga for bustader for studentar med nedsett funksjonsevne ikkje skal vere høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa éin person. Departementet understrekar at det er viktig at kvar studentsamskipnad har eit tilfredsstillande tilbod til studentar med nedsett funksjonsevne.

Kap. 276 Fagskoleutdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

72

Annan fagskoleutdanning

62 914

71 236

73 729

Sum kap. 0276

62 914

71 236

73 729

Mål for 2014

Godkjend fagskoleutdanning skal vere av høg kvalitet og gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod.

Fagskoleutdanning er viktig for å sikre korte, yrkesretta tilbod som er tilpassa ny teknologi og nye trendar i arbeidslivet. Fagskoleutdanning byggjer på fullført vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. For utdanningar innanfor fagområde som samsvarer med fagområde i fag- og yrkesopplæringa, er det som hovudregel krav om fag- eller sveinebrev. For å tilby fagskoleutdanning må fagskolen ha ei godkjenning frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

Rapport for 2012

Departementet arbeider med å styrkje kunnskapsgrunnlaget om fagskoleutdanning og har oppretta Database for statistikk om fagskoleutdanning (DBH-F) samt eit forum for fagskolestatistikk. Databasen var på plass hausten 2011. Rapporteringskrava for private og offentlege fagskolar er like. Alle godkjende fagskolar har rapportert. På bakgrunn av rapporteringa til DBH-F utarbeider Kunnskapsdepartementet ein årleg tilstandsrapport for fagskoleutdanning.

Det var i 2012 registrert 115 offentlege og private fagskolar, som samla dekkjer eit stort spekter av utdanningar innanfor ei rekkje fagfelt. Fagskolane hadde til saman 995 utdanningstilbod med registrerte studentar hausten 2012. Om lag 60 pst. av fagskolane er private. Nærmare halvparten av fagskolane er lokaliserte i austlandsområdet, og om lag 85 pst. av utdanningstilboda er stadbunden undervisning. Delen stadbunden og fjern- eller nettbasert undervisning er tilnærma lik ved offentlege og private fagskolar.

Samla var det registrert 15 852 fagskolestudentar i 2012. Fagskolane uteksaminerte om lag 5 200 fagskolekandidatar i 2012, og av desse var 56 pst. menn og 44 pst. kvinner. Nær 56 pst. av fagskolestudentane i 2012 vart tekne opp på bakgrunn av fag- eller sveinebrev. Dette er om lag på same nivå som i 2011.

Nasjonalt opptakskontor for fagskolen administrerer opptaket for dei fylkeskommunale fagskolane. Frå 2011 til 2012 auka søkjartala for desse fagskolane frå om lag 3 700 til 4 100, det vil seie om lag 11 pst. Det var i 2012 registrert 5 103 studentar i fylkeskommunal teknisk og maritim fagskoleutdanning.

Det er i dag tre kjelder til finansiering av fagskolar. I 2012 vart det fordelt om lag 372 mill. kroner gjennom inntektssystemet for fylkeskommunane, om lag 81 mill. kroner som øyremerkt tilskott gjennom Helsedirektoratet til helse- og oppvekstfaglege fagskolar, og om lag 71 mill. kroner over kap. 276 post 72 til 16 fagskolar med utdanningstilbod i fag som mellom anna kunst og film, dans, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk.

Departementet fekk i 2012 utført ei kandidatundersøking blant fagskolestudentar, gjennomført av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU). Bakgrunnen var å få meir kunnskap om mellom anna kva fagskolekandidatane gjer etter gjennomført fagskoleutdanning. Resultata viste at kandidatar i helse- og sosialfag, naturvitskaplege og tekniske fag, samferdsels- og tryggleiksfag og økonomisk-administrative fag i all hovudsak er yrkesaktive. Om lag ein av fire fagskolekandidatar studerer vidare etter fagskolen, dei fleste på heiltid. Rapporten viste òg at tre av fire fagskolestudentar er nøgde eller særs nøgde med den relevansen utdanninga har for arbeidslivet. Ettersom svarprosenten på denne undersøkinga berre var 30,5 pst., har NIFU på oppdrag frå departementet gjennomført ei ny, tilsvarande undersøking.

Innan fristen 15. september 2012 mottok NOKUT totalt 114 søknader om godkjenning av fagskoleutdanning. Fram til no har 28 pst. av søknadene fått positivt vedtak. Alle søknadene er ikkje ferdig handsama, slik at talet kan stige noko. Tilsvarande tal for 2011 var òg 28 pst. For fagskolane som søkjer om godkjenning, ligg det ei utfordring i å lage heilskaplege utdanningsplanar, som er relevante for å nå læringsmåla og for å utvikle yrkesfeltet. I tillegg har mange vanskeleg for å dokumentere at dei vil setje inn tilstrekkelege lærekrefter på utdanningane.

Kunnskapsdepartementet har 1. august 2013 fastsett ei ny forskrift om fagskoleutdanning. Den nye forskrifta inneheld reglar for fagskolane og fagskolestudentar om innpassing, fritak, tilknyting, fagskolepoeng og felles vurderingsuttrykk ved eksamen.

Departementet etablerte ei prøveordning i 2012 der fagskolar på fagområda kunst, kultur, design og handverk, medium og kommunikasjon, IKT og merkantile fag kan ta opp studentar med generell studiekompetanse, i tillegg til studentar med fag- eller sveinebrev eller realkompetanse. Formålet med prøveordninga er å samanlikne sluttkompetansen til studentane, basert på om dei er tekne opp på grunnlag av fag-/sveinebrev, generell studiekompetanse eller realkompetanse. Prøveordninga vil gjere det mogleg for fleire grupper å ta fagskoleutdanning. Det kan medverke til at livslang læring blir ei reell moglegheit for fleire, noko som kan auke kompetansen i arbeidslivet. Departementet har utvida prøveordninga med fagområdet oppvekstfag frå og med NOKUTs søknadsfrist 15. september 2013. Prøveordninga vil bli evaluert, og departementet vil komme tilbake med nærmare tidspunkt for dette. I rundskriv F-02-13 Prøveordning for fagskoler er det meir informasjon om prøveordninga.

Departementet medverka til å opprette Nasjonalt fagskoleråd frå 2010. Med det har fagskolane fått eit eige forum og eit kontaktpunkt mot Kunnskapsdepartementet og andre nasjonale aktørar. Departementet har òg medverka til at det i april 2012 vart etablert ein eigen studentorganisasjon for fagskolestudentar, Organisasjon for norske fagskolestudenter. Organisasjonen skal representere alle fagskolestudentane, ved både offentlege og private fagskolar.

Budsjettforslag for 2014

Departementet tek sikte på å sende ut til høyring endringar i lov om fagskole ved årsskiftet 2013/14. Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal vurdere plasseringa til fagskoleutdanninga i utdanningslandskapet og sett i samanheng med arbeidslivet. Utvalet skal leggje fram rapporten sin innan utgangen av 2014. Utvalet skal mellom anna sjå på korleis kvaliteten og statusen til fagskolen kan aukast. Det skal òg sjå på korleis det best kan leggjast til rette for at studentar på ein formålstenleg måte kan flytte mellom fagskolar og høgskolar og universitet. Utvalet skal òg vurdere opptaksgrunnlaget, medrekna fagbrev og generell studiekompetanse, og kva det betyr at fagskoleutdanninga skal vere yrkesretta. I tillegg skal utvalet vurdere gjeldande finansieringsordning for fagskolar og foreslå alternative modellar for finansiering.

Departementet har i 2013 satt ned ei ekspertgruppe om tilsyn ved private høgskolar og fagskolar, jf. innleiinga til programkategori 07.60. Utvalet tek sikte på å levere rapporten i løpet av 2014.

Post 72 Anna fagskoleutdanning

Posten omfattar tilskott til 16 fagskolar. Desse fagskolane har godkjende utdanningstilbod i fag som mellom anna kunst og film, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk. Dei skil seg med det frå dei tekniske og helse- og oppvekstfaglege fagskoletilboda. I tillegg har dei i større grad eit nasjonalt nedslagsfelt. Skolane låg tidlegare under kap. 6A i privatskolelova og har utdanningstilbod som sidan har fått akkreditering som fagskoleutdanning.

Tilskottsordninga for fagskolar under kap. 276 post 72 er rammestyrt. Tilskott til den einskilde fagskolen blir gitt som vidareføring av tilskott skolen tidlegare fekk under anna tilskottsordning før godkjenning som fagskole.

Mål for 2014

Målet med tilskottsordninga er å medverke til gode utdanningstilbod på fagskolane med tilskott over posten.

Rapport for 2012

I 2012 fekk 16 fagskolar tilskott over posten, og dei hadde til saman 834 studentar hausten 2012. Dei 16 fagskolane er geografisk spreidde, med ein fagskole i Hordaland, Nordland, Møre og Romsdal, Rogaland og Østfold, to fagskolar i Vest-Agder, fire i Oslo og fem i Akershus. Nær 90 pst. av studentane ved desse fagskolane tek utdanningar innanfor humanistiske og estetiske fag, medan dei resterande studentane tek utdanningar innanfor mediefag, økonomisk-administrative fag og naturvitskaplege fag, og handverks- og tekniske fag.

I revidert nasjonalbudsjett for 2012 vart tilskottet på 6 mill. kroner til Bårdar Akademiet AS overført frå programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kap. 228 til kap. 276 post 72. Bakgrunnen for flyttinga var at skolen vart godkjend som fagskole og dermed følgjer fagskolelova.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei løyving på 73,7 mill. kroner for 16 fagskolar over denne posten. Sjå vedlegg 2, tabell 2.21.

Kap. 280 Felles einingar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

58 254

69 296

75 646

21

Særskilde driftsutgifter

10

50

Senter for internasjonalisering av utdanning

52 554

55 088

67 016

51

Drift av nasjonale fellesoppgåver

102 971

107 337

144 996

71

Tilskott til UNIS

105 272

112 217

117 935

72

Tilskott til UNINETT

23 968

24 759

25 626

73

Tilskott til NORDUnet, kan overførast

21 860

23 097

23 905

Sum kap. 0280

364 879

391 794

455 134

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar løyving til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

Mål for 2014

NOKUT skal vere eit anerkjent kvalitetssikringsorgan på høgt internasjonalt nivå. NOKUT skal vere ein kvalitetsutviklar som medverkar til å styrkje kvaliteten i utdanninga og til å gi allmenta informasjon om kvalitet og kvalitetsutvikling i høgre utdanning og fagskoleutdanning. NOKUT skal òg vere organ for godkjenning av utanlandsk utdanning.

Den varsla gjennomgangen i 2012 av NOKUTs målbilete vart forseinka. Departementet vurderer i 2013, i dialog med NOKUT, målbiletet og styringsparametrar for verksemda.

Rapport for 2012

Departementet tildelte i 2012 om lag 59 mill. kroner til NOKUT over kap. 280 post 01. Evalueringar av kvalitetssikringssystema og godkjenning av nye studietilbod i norsk høgre utdanning og fagskoleutdanning vart gjennomført i samsvar med planen. NOKUT har òg levert fleire analysar og rapportar som har auka merksemda på kvalitet i universitets- og høgskolesektoren.

NOKUT har eit IKT-system som er sårbart og lite effektivt. Departementet tildelte 1 mill. kroner over kap. 281 post 45 til eit IKT-forprosjekt.

Grunna stor auke i søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning har NOKUT ventelister på dette området. NOKUT starta i 2012 arbeidet med ei ordning for godkjenning av kompetansen til flyktningar som ikkje kan dokumentere denne. Departementet tildelte 2,1 mill. kroner til NOKUT i 2012 over kap. 281 post 01 til dette arbeidet. I revidert nasjonalbudsjett for 2013 fekk NOKUT ei eingongsløyving på 3 mill. kroner for å arbeide vidare med godkjenningsordninga.

NOKUT har som eit resultat av strategiarbeid levert departementet forslag til revidert tilsynsmodell med kvaliteten i høgre utdanning. Forslaget omfattar mellom anna å vri verksemda frå førehandskontroll over mot tilsyn med og evaluering av utdanningskvaliteten. Dette vil føre til større merksemd på institusjonar med mange studentar. Departementet er samd med NOKUT i at det er viktig i større grad å føre tilsyn med kvaliteten ved store institusjonar, men ser behov for at forslaget vert ytterlegare greidd ut. Departementet vil ha dialog med NOKUT og sektoren om dette.

Budsjettforslag for 2014

I statsbudsjettet for 2013 vart ramma til NOKUT auka med 10 mill. kroner til generell styrking av sakshandsaming. Styrkinga har medført at NOKUT har auka kapasiteten sin i fleire delar av verksemda og unngått auke i restansane. NOKUTs ressurssituasjon er framleis krevjande, særleg grunna stadig fleire søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning, og fordi IKT-systemet til NOKUT er utdatert.

NOKUT gjennomførte i 2013 prøveprosjektet om eit nytt system for godkjenning av kompetanse for innvandrarar som ikkje kan dokumentere denne. Departementet foreslår å auke ramma til NOKUT med 5 mill. kroner over kap. 280 post 01 frå 2014 og gi ei løyving på 5 mill. kroner over kap. 281 post 01, for at dette tiltaket skal kunne setjast i verk på permanent basis. Godkjenningsordninga er eit tiltak i handlingsplanen som følgjer opp Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk.

NOKUT har stort behov for å oppgradere IKT-systemet sitt for å sikre god og effektiv sakshandsaming. Det er gjennomført eit IKT-prosjekt som no er klart for iverksetjing. Departementet vil derfor i 2014 tildele NOKUT om lag 4,5 mill. kroner til oppgradering av IKT-systemet. Sjå kap. 281 post 45.

Departementet foreslår å flytte om lag 0,4 mill. kroner frå kap. 226 post 21 til kap. 280 post 01. Dette er midlar til eit halvt årsverk ved NOKUT til funksjonen Nasjonalt kontaktpunkt for European Qualifications framework (EQF) i nasjonale og internasjonale fora.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3280, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter (Ny post)

Det er oppretta ein ny post 21 Særskilde driftsutgifter under kap. 280. Posten omfattar prosjektkostnader, mellom anna knytte til det nasjonale arbeidet med kvalifikasjonsrammeverket som NOKUT har eit koordineringsansvar for, jf. omtale under kap. 3280 post 01.

Post 50 Senter for internasjonalisering av utdanning

Posten omfattar driftsmidlar til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og midlar til program og tilskott som SIU forvaltar.

Mål for 2014

SIU skal medverke til at internasjonalisering styrkjer kvalitetsutviklinga i norsk utdanning. SIU skal medverke til betre samordning og utvikling av arbeidet med internasjonalisering i samarbeid med relevante nasjonale og internasjonale aktørar. SIU skal ha ei effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsoppdraget sitt.

Rapport for 2012

Kunnskapsdepartementet tildelte om lag 52,6 mill. kroner til SIU over kap. 280 post 50 i 2012. Midlane omfatta driftsmidlar og midlar til program og tiltak som SIU forvaltar. I tillegg fekk SIU tildelt midlar over kap. 281 post 01, kap. 252 post 70 og kap. 288 post 21 til internasjonalt samarbeid og kunnskapsutvikling. Sjå òg omtale under desse kapitla.

SIU har gått gjennom store endringar etter at institusjonen vart evaluert i 2010. I tillegg til endringar som departementet har gjort med ny styreordning og nye vedtekter, har SIU mellom anna endra organisasjons- og økonomimodellane. Formålet har vore å styrkje SIU fagleg og administrativt. Frå 2012 er det innført ny målstruktur for SIU, etter dei same prinsippa som for universiteta og høgskolane. Det vil seie at departementet har fastsett nokre overordna mål og styringsparametrar, medan SIU har supplert denne målstrukturen med sine eigne mål og styringsparametrar i tråd med sine eigne prioriteringar.

SIU har i dei siste åra lagt ned mykje arbeid i å vidareutvikle rolla som kompetansesenter og legg stor vekt på denne rolla. SIU har òg ei viktig rolle i å profilere Noreg som attraktivt samarbeids- og studieland overfor utlandet og gjer ein god jobb på dette området.

Hovudvirkeområdet til SIU er forvaltning av internasjonale samarbeidsprogram innanfor høgre utdanning og grunnopplæringa. I tillegg til å forvalte program på vegner av Kunnskapsdepartementet forvaltar SIU program for mellom anna Utanriksdepartementet, Norad, Nordisk Ministerråd og EU-kommisjonen. Det er god aktivitet innanfor dei fleste programma. SIU legg stor vekt på kvaliteten i programforvaltninga.

I 2012 arrangerte SIU for første gong Internasjonaliseringskonferansen, som vil vere ein årleg møteplass for aktørar som arbeider med internasjonalisering i universitets- og høgskolesektoren. Det var brei deltaking på konferansen i 2012.

Budsjettforslag for 2014

Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet foreslår at Noreg deltek i Erasmus+, EUs nye program for utdanning, opplæring og ungdom i perioden 2014–20. Erasmus+ slår saman og byggjer på fleire av EUs utdannings- og ungdomsprogram som Noreg allereie deltek i. Deltaking i Erasmus+ inneber eit auka behov for ressursar til SIU. SIU skal, saman med Bufdir, vere nasjonalt koordineringskontor for Erasmus+. SIU vil ha i oppgåve å kontrollere og ha oppsyn med aktivitetar under programmet, drive informasjons- og rettleiingsarbeid overfor norske aktørar, og analysere den norske deltakinga og effektane av denne. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga til SIU med 10 mill. kroner. Sjå òg omtale av Erasmus+ under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Departementet foreslår dermed ei løyving på om lag 67 mill. kroner til SIU i 2014 over kap. 280 post 50. Ei vesentleg del av løyvinga er midlar som SIU utbetaler som tilskott. Elles inneheld løyvinga midlar til drift av program og midlar for å setje i verk tiltak i og overfor kunnskapssektoren. SIU får i 2014 òg midlar over kap. 281 .

Post 51 Drift av nasjonale fellesoppgåver

Samordna opptak (SO), Noregsuniversitetet (NUV), BIBSYS, Artsdatabanken og CRIStin (Current Research Information System in Norway) er einingar for drift av nasjonale fellesoppgåver som er organiserte etter § 1-4 fjerde ledd i lov om universitet og høgskolar, og som ligg til universitet med status som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Løyvingane til desse organa er samla under denne posten.

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) har hittil vore finansiert over kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar, post 01 Driftsutgifter, fordi programmet organisatorisk har vore klassifisert som eit tiltak. Frå 1. januar 2014 vil Kunnskapsdepartementet organisere PKU som ei nasjonal fellesoppgåve, jf. § 1-4 fjerde ledd i lov om universitet og høgskolar. Omklassifiseringa av PKU medfører at løyvinga er flytt frå kap. 281 post 01 til kap. 280 post 51, slik at finansieringa samsvarer med klassifiseringa. Sjå meir om PKU under kap. 260 post 50 og kap. 281 post 01.

Mål for 2014

SO skal leggje til rette for og gjennomføre eit effektivt og korrekt studentopptak til grunnutdanningane ved universitet og høgskolar.

Noregsuniversitetet skal stimulere til utvikling og bruk av teknologi for læring og fleksible studietilbod i høgre utdanning, og fremme utdanningssamarbeid mellom høgre utdanning og arbeidsliv gjennom bruk av læringsteknologi.

BIBSYS skal gi universitet og høgskolar gode og kostnadseffektive bibliotektenester gjennom samarbeid om bibliotekfaglege fellessystem.

Artsdatabanken skal gi samfunnet oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald, for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for forvaltning, organisasjonar og andre brukarar. Artsdatabanken skal òg vere ein pådrivar i utviklinga av infrastruktur for innsamling og formidling av data om det biologiske mangfaldet i Noreg.

CRIStin skal gi forskinga auka verdi for samfunnet ved at forsking i fleire sektorar vert sett i samanheng. CRIStin skal òg dokumentere, presentere og gjere ope tilgjengeleg kvalitetssikra data om vitskapleg publisering i ein felles nasjonal database som grunnlag for finansieringssystema i universitets- og høgskolesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka.

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) skal medverke til at universitet og høgskolar utfører kunstnarleg utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå. PKU skal vere med på å auke kompetanse og kvalitet i sektoren for miljø som driv med kunstnarleg verksemd.

Rapport for 2012

Samordna opptak

Kunnskapsdepartementet tildelte 29 mill. kroner til Samordna opptak (SO) i 2012. SO har ansvaret for studentopptak og drift av Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB), felles klagenemnd for studentsaker, nasjonal klagenemnd for opptakssaker og ei interaktiv vurderingsteneste. SO handsamar i tillegg saker frå særskilde grupper søkjarar, mellom anna søkjarar med utanlandsk utdanning. I 2012 handterte SO om lag 117 700 søknader til høgre utdanning. IT-systema til SO er sårbare, og det er stort behov for oppgradering. Det er i 2012 sett i gang eit prosjekt for å få på plass eit nytt IT-system frå 2015. Sjå òg kap. 281 post 45.

Noregsuniversitetet

I 2012 tildelte Kunnskapsdepartementet 23,8 mill. kroner til Noregsuniversitetet (NUV). Ei hovudoppgåve i 2012 har vore å stimulere til og støtte utviklingsprosjekt innanfor fleksibel og IKT-støtta utdanning og spreie kunnskap om resultata av prosjekta. Det var i 2012 ein liten nedgang i talet på søknader. Frå 2012 er det lyst ut prosjektmidlar med føringar om å prioritere prosjekt med tilknyting til SAK-samarbeid og eCampus-programmet. Det er lagt ned mykje arbeid i å vidareutvikle søknads- og rettleiingsmaterialet for å få opp kvaliteten i søknadene.

Den juridiske rettleiingstenesta, DelRett, som NUV driv saman med IKT-senteret, er i bruk av om lag 1 400 besøkjande kvar månad. NUV har i 2012 utarbeidd ein oppfølgingsplan til rapporten Digital tilstand (NUV 2011). Planen omfattar ulike typar formidling av resultata frå undersøkinga og råd til institusjonane.

BIBSYS

Kunnskapsdepartementet tildelte 5,2 mill. kroner til BIBSYS i 2012, inkluderte ei eingongsløyving på 2 mill. kroner til omstillingar ved å skifte ut biblioteksystemet. BIBSYS driv biblioteksystemet BIBSYS for biblioteka ved universitet og høgskolar, for Nasjonalbiblioteket og fagbibliotek i Noreg. Det er i stor grad ei brukarfinansiert ordning. BIBSYS har arbeidd med innføring av eit nytt biblioteksystem for å medverke til meir effektive bibliotektenester. Prosjektet vart forseinka og seinare avbrote i 2012. Styret har vedteke å skaffe BIBSYS eit verktøy som skal samle alle informasjonskjeldene i ei søkjekjelde. Arbeidet med å skaffe biblioteksamarbeidet eit nytt biblioteksystem vil halde fram.

Artsdatabanken

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2012 om lag 23,1 mill. kroner til Artsdatabanken. Artsdatabanken har lansert ein ny versjon av Fremmede arter i Norge – med norsk svarteliste 2012. Det er ført vidare eit samarbeid med Samarbeidsrådet for biologisk mangfald (SABIMA) og Norsk Ornitologisk Forening om registreringsverktøyet Artsobservasjonar. Artsdatabanken har òg ført vidare arbeidet med Artskart, der artsdata frå universitetsmusea, forskingsinstitutt, konsulentfirma, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar vert kvalitetssikra og gjort ope tilgjengelege. Gjennom Artsprosjektet finansierer Artsdatabanken, i samarbeid med universitetsmusea, kompetanseutvikling gjennom Forskarskolen i biosystematikk. Artsdatabanken er saman med 30 institusjonar frå 18 land med i prosjektet European Biodiversity Observation Network, som er finansiert av EUs sjuande rammeprogram.

CRIStin

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2012 om lag 22 mill. kroner til CRIStin. CRIStin er eit felles system for informasjon om forsking i universitets- og høgskolesektoren, helsesektoren og instituttsektoren. Felles rapportering av vitskaplege publikasjonar vart i 2012 gjennomført for første gong i dei tre sektorane. Arbeidet med å fremme open tilgang til vitskaplege publikasjonar heldt fram i 2012. Fleire avtalar om tilgang til vitskaplege tidsskrift vart reforhandla i 2012, med godt resultat for brukarane.

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid

Sjå kap. 281 post 01 for rapportering av midlane Kunnskapsdepartementet tildelte i 2012.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 145 mill. kroner i 2014.

Av desse foreslår departementet å føre vidare løyvinga til Samordna opptak (SO) med om lag 32 mill. kroner i 2014. Det omfattar ei eingongsløyving på 1 mill. kroner i 2014 til arbeidet med fusjon av SO og Felles studentsystem (FS). I tillegg foreslår departementet ei løyving på 7 mill. kroner i 2014 over kap. 281 post 45 til avslutning av eit treårig prosjekt for investeringar i IKT-systemet, jf. omtale under kap. 281 post 45.

Det er starta eit arbeid med sikte på å samorganisere FS med SO frå 1. januar 2014. FS er etablert med mål om å utvikle, halde ved like og drifte det felles studieadministrative datasystemet som vert nytta av dei fleste høgre utdanningsinstitusjonane i Noreg. SO og FS er knytte til Universitetet i Oslo. Målet med samorganiseringa er å sikre vidareutvikling av dei studieadministrative tenestene.

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til Noregsuniversitetet med om lag 25,5 mill. kroner.

Departementet foreslår ei løyving til BIBSYS på om lag 3,5 mill. kroner i 2014.

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til Artsdatabanken med om lag 25,8 mill. kroner i 2014. Det omfattar ei eingongsløyving på 1 mill. kroner i 2014 til mellom anna utvikling av ArtiPedia, ei nett-teneste med kvalitetssikra og oppdatert informasjon om alle dei 41 000 artane i Noreg.

Departementet foreslår å fører vidare løyvinga til CRIStin med om lag 24,5 mill. kroner. CRIStin fekk i 2013 ei eingongsløyving på 1,6 mill. kroner over kap. 287 post 21 til utvikling av ny teknisk plattform. Departementet foreslår ei tilsvarande løyving i 2014 på 1,6 mill. kroner over kap. 281 post 01. Sjå omtale under kap. 281 post 01.

Departementet foreslår å løyve totalt 33,8 mill. kroner over kap. 280 post 51 for å føre vidare Program for kunstnarleg utviklingsarbeid. Dette omfattar om lag 18,5 mill. kroner til stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid og om lag 5,3 mill. kroner til drift av stipendprogrammet. Det omfattar òg totalt 10 mill. kroner til prosjektprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid. Dette inkluderer ein auke på 1,4 mill. kroner ved flyttinga av løyvinga til programmet frå kap. 281 post 01 til kap. 280 post 51.

Post 71 Tilskott til UNIS

Posten omfattar løyving til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS). UNIS skal gi studietilbod og drive forsking med utgangspunkt i Svalbard si geografiske plassering i eit høgarktisk område, og dei særlege fortrinna dette gir gjennom bruk av naturen som laboratorium og arena for observasjonar og innsamling og analyse av data. Studietilbodet skal vere på universitetsnivå og eit supplement til undervisninga ved universiteta på fastlandet. Emna skal inngå i ordinært studieløp som fører fram til eksamen og gradar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Studietilbodet skal ha ein internasjonal profil, og undervisninga skal vere på engelsk.

Mål for 2014

UNIS skal tilby høgre utdanning og drive forsking av høg internasjonal kvalitet med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område.

Rapport for 2012

Departementet tildelte i 2012 om lag 105,3 mill. kroner til UNIS, inkludert ein auke på 5 mill. kroner til vidareføring og opptrapping av studieplassar frå 2011. UNIS er ei aktiv og utoverretta verksemd som leverer utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet, og som har nedslagsfelt nasjonalt og internasjonalt. UNIS har fått ein vesentleg plass på kunnskapsplattforma Svalbard. I 2012 vart det gjennomført om lag 160 studentårsverk ved UNIS, mot 150 i 2011. 46 pst. av studentane var norske i 2012. Studentar og tilsette ved UNIS utgjer ein stadig viktigare del av lokalsamfunnet. UNIS mottek òg finansiering frå mellom anna Noregs forskingsråd og gjennom samarbeid med næringslivet.

Budsjettforslag for 2014

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving til UNIS på om lag 117,9 mill. kroner i 2014. Ho omfattar 1,7 mill. kroner til vidareføring av nye studieplassar i samband med statsbudsjettet for 2011.

Post 72 Tilskott til UNINETT

Posten omfattar driftstilskott til UNINETT AS. Selskapet har som formål å utvikle eit avansert landsdekkjande elektronisk tenestenett for informasjonsutveksling mellom enkeltbrukarar og grupper av brukarar innanfor forsking og utdanning i Noreg. UNINETT AS skal sikre drift og vidare utvikling av forskingsnettet, samt leggje til rette for fellesløysingar i universitets- og høgskolesektoren.

Mål for 2014

UNINETT AS skal utvikle eit landsomfattande datanett og tilby avanserte tenester for forsking, formidling og utdanning, i samspel med internasjonale forskingsnett i Europa og verda elles.

Rapport for 2012

Departementet tildelte om lag 24 mill. kroner i tilskott til UNINETT AS over kap. 280 post 72, i tillegg til 12 mill. kroner til vidare utvikling av eCampus over kap. 281 post 70.

eCampus er eit program for utbygging av ny nasjonal IKT-infrastruktur i sektoren. Prosjektet inneber utbygging av ein felles overordna arkitektur med standardiserte løysingar og felles grensesnitt. eCampus er ei viktig satsing for å leggje til rette for fleksibel og desentralisert utdanning i sektoren. eCampus skal gi universiteta og høgskolane IKT-verktøy og IKT-tenester til undervisning og IKT-støtte til forsking.

I 2012 har UNINETT AS halde fram med utbygginga av forskingsnettet. Ved utgangen av året hadde over 60 pst. av statlege universitet og høgskolar ei tilknyting på minst 10 gigabite per sekund. UNINETT AS viser til at infrastruktur for forsking no er så kritisk for brukarane at det er nødvendig å halde fram med utbygging av reservevegar og -utstyr.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei løyving på om lag 25,6 mill. kroner over kap. 280 post 72 for å føre verksemda til UNINETT AS vidare. Kunnskapsdepartementet foreslår ei tilleggsløyving på 15 mill. kroner over kap. 281 post 70 til vidare utvikling av eCampus, jf. kap. 281 post 70.

Post 73 Tilskott til NORDUnet AS, kan overførast

Posten omfattar tilskott til NORDUnet AS. NORDUnet AS organiserer samarbeidet mellom dei nordiske forskingsnetta.

Mål for 2014

NORDUnet AS skal medverke til å sikre felles nettverksinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane, og dessutan knytte dei til internasjonale nett og nett-tenester. Målet med tilskottet er å sikre norsk tilgang til det nordiske samarbeidet om ein IKT-infrastruktur i verdsklasse.

Rapport for 2012

Departementet tildelte i 2012 om lag 21,9 mill. kroner til NORDUnet AS. NORDUnet AS har i dei siste åra gjennomført ei stor nettverksoppgradering, og dette er no på internasjonalt toppnivå. Samarbeidet om NORDUnet AS gir dei nordiske akademiske netta meir kostnadseffektive løysingar enn om kvart land skulle operert aleine. Det gir òg dei nordiske landa tung påverknad når det gjeld utforming av internasjonalt nett og val av tekniske løysingar.

Budsjettforslag for 2014

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på om lag 23,9 mill. kroner til NORDUnet AS i 2014 for å føre aktiviteten vidare.

Kap. 3280 Felles einingar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Inntekt ved oppdrag o.a.

10

02

Salsinntekter o.a.

1 465

1 211

1 253

Sum kap. 3280

1 465

1 211

1 263

Post 01

Det er oppretta ein ny post 01 på kap. 3280. Løyvinga på post 01 gjeld prosjektinntekter, mellom anna inntekter til NOKUT over kap. 280 post 21 frå EU-kommisjonen for det nasjonale arbeidet med kvalifikasjonsrammeverket.

Post 02

Løyvinga på post 02 gjeld inntekter til NOKUT frå kurs og konferansar.

Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

202 816

146 050

112 116

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

12 000

11 253

11 523

50

Tilskott til Noregs forskingsråd

79 258

79 258

94 032

70

Andre overføringar, kan nyttast under post 01

77 726

91 432

47 236

73

Tilskott til internasjonale program

18 682

18 296

71 060

78

Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

23 841

15 222

15 755

Sum kap. 0281

414 323

361 511

351 722

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt for å fremme og utvikle kvalitet i universitets- og høgskolesektoren og fagskolesektoren. Posten femner om dei fem sektormåla for universitet og høgskolar og målet for fagskoleutdanning. Tiltaka omfattar i 2014 fleire område som lærarutdanning, helse- og sosialfagsutdanningar, realfag og entreprenørskap, internasjonalt samarbeid, maritim strategi, likestilling, og forsking, formidling og analysar knytte til universitets- og høgskolesektoren og fagskolar. Sidan midlane kan bli tildelte både statlege og ikkje-statlege aktørar, kan løyvinga nyttast under kap. 281 post 70 når tilskottet er til private aktørar. For post 70 kan løyvinga tilsvarande nyttast under post 01 når tildelinga er til offentlege aktørar. Sjå òg kap. 281 post 70.

Mål for 2014

Målet med midlane er å medverke til kvalitetssikring og -utvikling, samordning av prioriterte område og andre fellestiltak for å nå måla for universitets- og høgskolesektoren og for fagskolane.

Rapport for 2012

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2012 om lag 205 mill. kroner over kap. 281 post 01. Det omfatta ei løyving på om lag 36 mill. kroner frå revidert nasjonalbudsjett for 2012 til nye studieplassar ved statlege institusjonar. Frå 2013 er desse lagde inn i rammene deira over kap. 260 post 50.

Lærarutdanning og ulike utdanningstiltak

Departementet tildelte i 2012 om lag 35 mill. kroner over kap. 281 post 01 til lærarutdanning og tiltak for auka kvalitet i utdanninga. Midlane har mellom anna medverka til å føre vidare den nasjonale satsinga på mentorordning for nyutdanna og tilsette lærarar. Vidare har arbeidet med kvalitet i utdanningane halde fram, mellom anna utvikling av nye rammeplanar for fleire lærarutdanningar, tett oppfølging av dei nye grunnskolelærarutdanningane og gjennom følgjegruppe og utviklingsarbeid for oppstart av ny barnehagelærarutdanning.

I 2012 vart det første senteret for framifrå utdanning tildelt Universitetet i Oslo, som i samarbeid med Universitetet i Tromsø har etablert Centre for Professional Teaching. Senteret vart opna i mai 2012. Senteret arbeider for å vidareutvikle forsking på kva som er god undervisning, læring og innovative utdanningsmetodar innanfor lærarutdanninga. NOKUT forvaltar ordninga med Senter for framifrå utdanning (SFU) på vegner av departementet.

Høgskolen i Oslo og Akershus leier eit samarbeidsprosjekt med Høgskolen i Sør-Trøndelag og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) for å kartlegge universitets- og høgskolesektoren si kompetanse i yrkesfag. Prosjektet leverer innstillinga si i slutten av 2013.

Kunnskapsdepartementet heldt i 2012 fram med arbeidet med implementering av Nasjonal rekrutteringsstrategi for samisk høgre utdanning 2011–14. Strategien har som formål å styrkje rekrutteringa til samisk høgre utdanning. Strategien vert sett i verk av samisk lærarutdanningsregion (region 7) under leiing av Høgskolen i Nord-Trøndelag. Universitetet i Nordland, Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Finnmark og Samisk Høgskole er òg del av dette samarbeidet. Institusjonane utformar og set i verk konkrete kvalifiserings- og informasjonstiltak.

Realfag og entreprenørskap

Departementet tildelte i 2012 om lag 8,3 mill. kroner til tiltak innanfor realfag og entreprenørskap.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, RENATEsenteret, vart tildelt 3,3 mill. kroner over kap. 281 post 01 og 2,5 mill. kroner over kap. 226 post 21 for å stimulere til auka rekruttering til real-, teknologi- og ingeniørfag. Mellom anna er det etablert ein tenkjetank for realfag. Rollemodell.no og ENT3R er vidareutvikla i samarbeid med næringslivet og relevante organisasjonar.

Departementet tildelte i 2012 om lag 5 mill. kroner til mellom anna Noregsuniversitetet, som koordinerte ulike tiltak for å fremme entreprenørskap og strategi for entreprenørskap i utdanninga.

Kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid

Departementet tildelte i 2012 om lag 32,3 mill. kroner til tiltak innanfor kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid.

Departementet tildelte om lag 28,3 mill. kroner til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid, inklusive midlar til programdrift. Kunststipendiatar gir utteljing tilsvarande doktorgradar. Tre stipendiatar fullførte programmet i 2012.

Løyvinga til talentutviklingsprogramma i musikk ved Noregs musikkhøgskole vart ført vidare med 4 mill. kroner og har medverka til rekruttering og styrking av kvaliteten på utdanninga.

Internasjonalt samarbeid

Departementet tildelte i 2012 til saman om lag 18,6 mill. kroner til internasjonalt samarbeid over kap. 281 post 01. Sjå òg omtale av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) under kap. 280 post 50.

Tilskottet til International Council for Open and Distance Education (ICDE) vart i 2012 ført vidare med om lag 2,3 mill. kroner og har medverka til det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring. I 2012 har ICDE lagt til rette for kunnskapsutveksling og kunnskapsutvikling mellom anna gjennom å arrangere konferansar og aktivitetar for medlemmer.

Tiltak frå St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning (internasjonaliseringsmeldinga) vart følgde opp med om lag 4,5 mill. kroner. Internasjonale samarbeidsprogram og samarbeidsavtalar vart følgde opp med om lag 12 mill. kroner, jf. nærmare omtale nedanfor.

I oppfølginga av internasjonaliseringsmeldinga har departementet i perioden 2011–13 tildelt 12 mill. kroner til utvikling av internasjonale fellesgradar i samarbeid mellom norske og utanlandske institusjonar. Midlane vert forvalta av SIU, som gjennomførte to utlysingar i 2012. Totalt har SIU motteke 16 søknader, og tre av desse har fått støtte. Dei øvrige søknadane har ikkje fylt krava for støtte. Oppslutninga om tiltaket og kvaliteten på søknadane har vore lågare enn forventa. Departementet vurderer om det skal gjerast endringar i ordninga og om midlane skal bli nytta til andre internasjonaliseringstiltak.

Hausten 2011 lanserte Kunnskapsdepartementet ein revidert strategi for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika for perioden 2012–15. I 2012 lyste SIU ut prosjekt i Partnarskapsprogrammet for Nord-Amerika. SIU fekk 58 søknader, og av desse vil tolv prosjekt få støtte i fire år. Formålet med Partnarskapsprogrammet er å etablere langsiktige samarbeidsrelasjonar mellom norske og nordamerikanske institusjonar.

SIU lyste òg ut prosjektmidlar knytte til Nordamerikastrategien i 2012. SIU fekk 85 søknader, og 20 prosjekt fekk støtte. Formålet med prosjektmidlane er å medverke til å etablere kontakt mellom norske og nordamerikanske høgre utdanningsinstitusjonar, eller å styrkje samarbeid som allereie er i gang.

I 2012 vart det etablert ei gjensidig stipendordning for studentar saman med Russland, der Noreg tilbyr 30 stipend til russiske studentar som kjem til Noreg, og Russland tilbyr 30 stipend til norske studentar som reiser til Russland. Det var låg søkning til og utnytting av stipenda på begge sider det første året, og det vert arbeidd med å auke bruken av midlane.

SIU utlyste i 2012 prosjektmidlar for samarbeid med Kina. SIU mottok 20 søknader, og av desse fekk åtte prosjekt støtte.

SIU underteikna i desember 2012 ein intensjonsavtale om samarbeid med den brasilianske motparten The Brazilian Federal Agency for Support and Evaluation of Graduate Education (CAPES/MEC). SIU lyste i 2012 ut 4 mill. kroner til samarbeidsprosjekt mellom institusjonar for høgre utdanning og forsking i Brasil og Noreg. Parallelt med dette lyser CAPES ut midlar for støtte til mobilitet frå Brasil til Noreg innanfor dei same fellesprosjekta.

Nordområdestrategi

Løyvinga til Barentsinstituttet vart i 2012 ført vidare med 5 mill. kroner. Vidare tildelte departementet 1 mill. kroner til oppfølging av Nordområdestrategien. Løyvinga vart nytta til aktivitetar under Arktisk universitet og til bilateralt stipendprogram mellom Noreg og Russland.

Maritim strategi

Stø kurs er strategien til regjeringa for miljøvennleg vekst i dei maritime næringane. Strategien vert støtta av løyvingar til mellom anna forsking og innovasjon. Departementet tildelte 18,5 mill. kroner i 2012 til MARKOM2020-prosjektet. Det er eit samarbeid mellom dei fire høgre utdanningsinstitusjonane innanfor maritim profesjonsutdanning: Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Ålesund, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Vestfold. Midlane vart brukte på satsingsområda utdanning, SAK innanfor maritim profesjonsutdanning, rammevilkår og maritim profesjonsretta FoU. Frå 2012 vart prosjektet utvida med dei 14 fagskolane som tilbyr maritim utdanning.

Likestilling

Departementet tildelte 7,1 mill. kroner i 2012 til ulike tiltak innanfor likestilling over kap. 281 post 01. Midlane har gått til utteljing i insentivordninga for tilsetjing av 17 kvinner i høgre vitskaplege stillingar i matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag, og til likestillingsprisen, som for 2012 vart tildelt Universitetet for miljø- og biovitskap.

Dokumentasjon, statistikk og analyse

Departementet tildelte i 2012 om lag 18 mill. kroner til tiltak innanfor dokumentasjon, statistikk og analyse over kap. 281 post 01, medrekna Kandidatundersøkinga 2012. Tiltaka har medverka til å føre vidare og betre kunnskapsgrunnlaget om og for sektoren, mellom anna gjennom drift av Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) ved Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste. Innrapporterte data til DBH er mellom anna eit av grunnlaga for etatsstyringsdialogen med universitet og høgskolar og den årlege tilstandsrapporten frå Kunnskapsdepartementet om sektoren. For å møte behovet for auka kunnskap om universitets- og høgskolesektoren lyste departementet hausten 2012 ut eit nytt strategisk forskingsprogram på 5 mill. kroner årleg i perioden 2012–14. Oppdraget gjekk til Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU). Det har òg vore nytta midlar til koordinering av det internasjonale AHELO-prosjektet (Assessment of Higher Education Learning Outcomes) for å måle og samanlikne læringsutbytte i høgre utdanning på tvers av landegrenser.

Andre tiltak

Departementet tildelte i 2012 om lag 26 mill. kroner til andre tiltak over kap. 281 post 01. Dette omfattar mellom anna midlar som har medverka til å føre vidare samorganiseringa av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap. Kunsthøgskolen i Bergen, Høgskulen i Volda og Noregs musikkhøgskole har fått midlar til utstyr over kap. 281 post 01.

Vidare vart det tildelt midlar til Felles studentsystem, utgreiing av flytting av vikingskipa, Commission on Global Governance for Health ved Universitetet i Oslo, fagskolekandidatundersøking og godkjenning av utanlandske vitnemål. Det har òg vore tildelt midlar til arbeid med omstilling på IKT- og økonomiområdet i SIU.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei samla løyving på 159,4 mill. kroner på kap. 281 post 01 og post 70 i 2014. Av desse midlane foreslår departementet å løyve 112,2 mill. kroner over post 01 og 47,2 mill. kroner over post 70. Sjå òg kap. 281 post 70. Reduksjonen frå 2012 skriv seg frå at departementet i 2013 la midlar til studieplassar frå revidert nasjonalbudsjett for 2012 og enkelte andre løyvingar inn i ramma til institusjonar på kap. 260 post 50 og post 70. Vidare gjeld det midlar som departementet foreslår å flytte i 2014 frå kap. 281 postane 01 og 70. Dette gjeld mellom anna midlar til nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning, som departementet foreslår å tildele over kap. 281 post 73. Vidare vert løyvinga til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) frå 2014 flytt til kap. 280 post 51. Sjå omtale under desse postane.

Kvalitet i utdanning

Departementet forslår i 2014 å løyve om lag 47,6 mill. kroner over kap. 281 post 01 for å fremme kvalitet i utdanning.

Midlane til senter for framifrå utdanning (SFU) i lærarutdanning ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet vil bli førte vidare i 2014. I 2013 tildelte departementet midlar til å opprette tre nye SFU-ar etter ei brei og open utlysing gjennom NOKUT. Endeleg avgjerd om kven som får tildeling som SFU, kjem hausten 2013. Midlane til desse tre sentra vil bli førte vidare i 2014.

Midlar til følgjegruppene for dei nye grunnskolelærarutdanningane og ny barnehagelærarutdanning vert førte vidare. Det same gjeld midlar til samiske tiltak, som skal gå til arbeid med implementering av Nasjonal rekrutteringsstrategi for samisk høgre utdanning 2011–14.

Midlar til oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis vert òg førte vidare. Målet med arbeidet knytt til helse- og sosialfagsutdanningane er å endre utdanningane slik at kompetansen til kandidatane er betre i samsvar med den kompetansen helse- og velferdstenestene treng for å gi kvalitativt gode tilbod til heile befolkninga. Satsinga skal òg medverke til fornying av tenestene gjennom utvikling av ny kunnskap.

Det er òg behov for å halde fram med arbeidet med å styrkje rekrutteringa til realfag og å følgje opp arbeidet med å auke entreprenørskap i høgre utdanning. Handlingsplanen for entreprenørskap, som er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet, er ein del av dette.

Vidare dekkjer delar av løyvinga evalueringar av og oppdrag om vidareutvikling av kvalitet i sektoren.

Internasjonalt samarbeid

Departementet forslår å løyve til saman 15,3 mill. kroner over kap. 281 post 01 til tiltak for å stimulere til internasjonalt samarbeid.

Forslaget omfattar mellom anna ei løyving på 10 mill. kroner til oppfølging av Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika 2012–15. Hovuddelen av midlane vil bli brukte til Partnerskapsprogrammet for Nord-Amerika og utlysing av prosjektmidlar. Departementet vil òg følgje opp forpliktingar i samarbeidet med Russland i samband med stipend for russiske studentar og bilaterale samarbeidsrelasjonar, mellom anna gjennom UTFORSK.

Maritim strategi

Departementet foreslår å løyve 18,5 mill. kroner til MARKOM2020 for å føre vidare samarbeidet mellom dei involverte institusjonane om å utvikle vidare den maritime profesjonsutdanninga og fagskoleutdanninga i Noreg.

Likestilling

Departementet foreslår ei løyving på 6,8 mill. kroner til likestillingstiltak over kap. 281 post 01 som mellom anna omfattar likestillingsprisen på 2 mill. kroner. I tillegg omfattar løyvinga utteljing på om lag 4,8 mill. kroner i 2014 for tilsetjing av 16 kvinner i 2012 som vart omfatta av insentivordninga for kvinner i høgre vitskaplege stillingar i matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag.

Insentivordninga vart innført som ei prøveordning for tre år. Ordninga vart evaluert av Proba samfunnsanalyse i 2013. Evalueringa peiker mellom anna på at ordninga har verka som pådrivar for haldningsendring, men ikkje som insentiv i tilsetjingsprosessane. Kunnskapsdepartementet foreslår, i tråd med konklusjonen i evalueringsrapporten, å ikkje føre ordninga vidare etter 2014.

Andre tiltak

Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 24 mill. kroner til andre tiltak over kap. 281 post 01 i 2014.

CRIStin-systemet byggjer i dag på utgått teknologi, og heile systemet må skrivast om til ny teknisk plattform. Parallelt med omskriving av gamle modular skal det utviklast nye funksjonar i CRIStin. Prosjektet har fått nemninga CRIStin 2.0. Det er viktig at CRIStin vert meir enn eit rapporteringssystem og oppfyller forventningane til brukarane om direkte nytteverdi og forenkling av kvardagen. Omlegginga av den tekniske plattforma fell dermed saman med ein kritisk fase der systemet skal bli eit fulldekkjande forskingsinformasjonssystem med høg nytteverdi for brukarane. Departementet foreslår ei eingongsløyving på 1,6 mill. kroner i 2014 til raskare gjennomføring av prosjektet CRIStin 2.0.

Vidare dekkjer løyvinga mellom anna midlar til Felles studentsystem og andre mindre tiltak. Delar av løyvinga dekkjer utgifter til drift av offentlege utval og tilhøyrande sekretariat og andre utviklingsprosjekt og tiltak. Regjeringa har mellom anna nemnt opp tre offentlege utval som skal vurdere høvesvis tilbod om høgre utdanning leverte over Internett, finansiering av universitet og høgskolar og fagskolesektoren. Ei ekspertgruppe som er sett ned av Kunnskapsdepartementet, skal vurdere regelverket for tilsyn med private høgskolar og fagskolar.

Departementet tek sikte på å sette i gang ei evaluering av kommersialiseringsaktørane (TTOane), som ei oppfølging av Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3281 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar midlar til investeringar i utstyr og vedlikehald i sektoren.

Mål for 2014

Midlane skal medverke til gode fasilitetar og utstyr i sektoren.

Rapport for 2012

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2012 totalt 12 mill. kroner over posten.

I samband med bygging av ny universitetsklinikk i Trondheim vert det bygt eit felles bibliotek for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Høgskolen i Sør-Trøndelag i Kunnskapssenteret i universitetsklinikken. Departementet tildelte 5 mill. kroner til dette formålet i 2012. Prosjektet er ferdig hausten 2013.

Departementet tildelte 6 mill. kroner til oppgradering og vidareutvikling av IT-systema ved Samordna opptak. Oppgradering og vidareutvikling av systema skal leggje til rette for at opptak til høgre utdanning kan gjennomførast effektivt og korrekt for studentar og institusjonar.

Departementet tildelte 1 mill. kroner til NOKUT til eit forprosjekt for innføring av IKT-system.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår i 2014 ei samla løyving på om lag 11,5 mill. kroner over kap. 281 post 45.

Det er framleis behov for investeringar i IT-systema til Samordna opptak (SO). For å medverke til eit oppdatert datasystem foreslår departementet ei tilleggsløyving til SO på 7 mill. kroner i 2014. Sjå òg kap. 280 .

NOKUT skal utvikle og modernisere organisasjonen med nye IKT-løysingar. NOKUT har avslutta eit forprosjekt der ulike element i ein ny IKT-plattform er utgreia. Departementet foreslår ei eingongsløyving på 4,5 mill. kroner til investeringar i eit nytt IKT-system for NOKUT. Sjå òg omtale under kap. 280 post 01.

Post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd

Posten omfattar midlar som er kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd til ulike forskingsprogram om og for universitets- og høgskolesektoren og midlar til nasjonal forskarskole for lærarutdanninga (NAFOL).

Mål for 2014

Tilskottet skal styrkje universitet og høgskolar som innovasjonsaktørar, gi meir og betre forsking i høgskolane og i profesjonsfaga, og fremme forsking ved universitetsmusea.

Rapport for 2012

Departementet tildelte om lag 79,3 mill. kroner til ulike program i Noregs forskingsråd over kap. 281 post 50 i 2012.

Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) vart midtvegsevaluert i 2012. Evalueringa konkluderte med at VRI er eit program som gir vesentlege bidrag til utviklinga av regionale forskings- og innovasjonssystem og såleis aukar føresetnadene for innovasjon i bedriftene. Programmet har medverka til ein styrkt dialog mellom FoU-miljø, næringsliv og fylkeskommunane. Det er likevel behov for endringar i programmet på sentrale område, særleg når det gjeld innovasjonsforskinga.

FORNY-programmet har medverka til å styrkje arbeidet med kommersialisering av forretningsidear frå offentleg finansierte forskingsmiljø. Eit nytt og meir spissa FORNY2020 vart etablert frå og med 2011 med auka vekt på verifiseringsmidlar.

Programmet Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) er eit institusjonsstrategisk verkemiddel for å styrkje forsking på kompetanseområde som høgskolane har eit særleg ansvar for, og for å styrkje kvaliteten i profesjonsfaga. Programmet har auka merksemda om FoU og har styrkt forskingskvaliteten og -kompetansen ved høgskolane og stimulert til betre samspel mellom næringsliv, offentleg sektor og forskingsmiljø. Noverande programperiode er 2012–17. Det har i 2012 vore ei tildeling til åtte treårige prosjekt. I motsetning til tidlegare utlysingar vart helse- og sosialfaga særskilt prioriterte som ei oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis. Nesten 40 pst. av dei tildelte midlane gjekk til prosjekt i desse faga. Forskingsrådet har i mellomtida oppretta eigne verkemiddel for helse- og sosialfaga.

Praksisretta utdanningsforsking (PRAKUT) medverkar til å styrkje forskarkompetansen og kunnskapsgrunnlaget i lærarutdanningane. PRAKUT har tildelt midlar til elleve nye prosjekt, finansierer ein forskarskole (NAFOL) og har ansvaret for prosjekta frå det førre programmet på feltet PraksisFoU.

Utdanning2020 er eit tiårig forskingsprogram om utdanningssektoren, frå barnehage til doktorgradsutdanning. Utdanning2020 har styrkt forskinga om undervisning og læring, styring, leiing og organisering av utdanning, og utdanning i samspel med arbeids- og samfunnsliv. Ei midtvegsevaluering av porteføljen i 2012 viser at programmet har medverka til å vidareutvikle utdanningsforsking som eit fleir- og tverrfagleg forskingsområde, og til å lyfte prioriterte område som barnehage, fag- og yrkesopplæringa og høgre utdanning. Frå 1. januar 2014 vert PRAKUT og Utdanning2020 slått saman til eit nytt program for utdanningsforsking og innovasjon i utdanningssektoren. Sjå omtale under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

FoU-program for universitetsmusea medverkar til å konsentrere forskinga, auke samarbeidet og heve kvaliteten på forskinga ved universitetsmusea.

Forskingsprogram for forsking og innovasjon (FORFI) medverkar til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken.

Budsjettforslag for 2014

Kunnskapsdepartementet foreslår i 2014 ei samla løyving på om lag 94 mill. kroner over kap. 281 post 50. Departementet vil føre vidare løyvingane til VRI, FORNY, Utdanning2020, PRAKUT 2010–14, NAFOL, FORFI, PRAKSISVEL, SHP og FoU-program for universitetsmusea. Ny utlysing av dei strategiske høgskoleprosjekta vil bli gjort utan føringar om prioriterte fagområde, slik at institusjonane står fritt til å prioritere i tråd med eigne strategiar.

Departementet foreslår ei løyving på totalt 15 mill. kroner over tre år, fordelte med 5 mill. kroner per år, for å styrkje kunnskap om høgre utdanning. Midlane skal gå til ei forskingsbasert evaluering av kvalitet i høgre utdanning og vil bli løyvde gjennom Utdanning2020.

Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01

Midlar over kap. 281 post 01 kan vere retta mot både statlege og ikkje-statlege aktørar. Det vart derfor i 2012 oppretta ein ny post 70 for tilskott til private aktørar. Sjå kap. 281 post 01 for omtale av mål for 2014.

Rapport for 2012

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2012 til saman om lag 77,7 mill. kroner over posten. Det omfatta ei løyving på om lag 1,5 mill. kroner frå revidert nasjonalbudsjett for 2012 til nye studieplassar ved private institusjonar, som frå 2013 er lagde inn i rammene deira over kap. 260 post 70.

I 2012 tildelte departementet 12 mill. kroner til UNINETT AS for å føre vidare arbeidet med oppgradering av nettinfrastrukturen i sektoren gjennom eCampus-programmet, jf. omtale under kap. 280 post 72. UNINETT AS vart òg tildelt midlar for arbeidet som sekretariat for informasjonstryggleik og sekretariat for IKT-arkitektur i sektoren.

Løyvinga til talentutviklingsprogrammet i musikk ved Barratt Due musikkinstitutt vart ført vidare med om lag 7 mill. kroner og har medverka til rekruttering og styrking av kvaliteten på utdanninga.

Det vart tildelt 1,5 mill. kroner til Komité for kjønnsbalanse i forskning (Kif) over kap. 281 post 70 i 2012. Midlane har medverka til å fremme kvinner i forsking og likestilling i akademia. Kif har i 2012 mellom anna utlyst og innstilt til Kunnskapsdepartementets likestillingspris og tildelt midlar knytte til det norske formannskapet i Nordisk Ministerråd.

Publiseringsutvalget, som Universitets- og høgskolerådet (UHR) har etablert på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, har fagleg ansvar for utvikling og fagleg drift av System for dokumentasjon av vitenskapelig publisering. Departementet tildelte 1,7 mill. kroner som tilskott til arbeidet i utvalet i 2012.

Om lag 37,6 mill. kroner gjekk i 2012 til Nordisk Ministerråd og avtalen om tilgang til høgre utdanning. Det har i dei seinare åra vore ei jamn stiging i talet på norske studentar som søkjer opptak i andre nordiske land. Avtalen gjekk ut i 2012 og er frå 2013 forlengd med tre år. Avtalen sikrar at norske søkjarar til høgre utdanning i andre nordiske land vert handsama likt med nasjonale søkjarar ved opptak. Det same gjeld andre nordiske statsborgarar som søkjer opptak til høgre utdanning i Noreg.

UHR fekk i 2012 tildelt 3,3 mill. kroner for å koordinere eit treårig prosjekt med mål om å medverke til auka gjennomstrøyming og redusert fråfall i teknologi- og realfagsutdanningane. UHR har i 2012 òg fått tilskott på til saman 3,6 mill. kroner over kap. 281 post 70 til å koordinere SAK-tiltak i sosialfag og ny barnehagelærarutdanning.

Andre mottakarar av tilskott i 2012 over kap. 281 post 70 var Studiesenteret.no og stiftelsen Kvinneuniversitetet i Norden.

Budsjettforslag for 2014

Løyvinga til nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning er frå 2014 flytt frå kap. 281 post 70 til kap. 281 post 73. Sjå omtale under kap. 281 post 73.

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 47,2 mill. kroner over kap. 281 post 70 i 2014.

Av denne løyvinga foreslår departementet å føre vidare løyvinga på 15 mill. kroner til UNINETT AS for vidare satsing på eCampus.

For å fremme det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring foreslår departementet eit tilskott til International Council for Open and Distance Education (ICDE) på om lag 2,4 mill. kroner i 2014.

Database for høgre utdanning (DBH) ved Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS er ei sentral informasjonskjelde for og om sektoren. Departementet foreslår eit tilskott på om lag 15,1 mill. kroner til DBH i 2014.

Departementet foreslår å føre vidare tilskottet til arbeidet i Publiseringsutvalget med 1,7 mill. kroner i 2014. Utvalet er etablert av Universitets- og høgskolerådet og har fagleg ansvar for utvikling og fagleg drift av System for dokumentasjon av vitskapeleg publisering.

For å møte behovet for auka kunnskap om universitets- og høgskolesektoren lyste departementet hausten 2012 ut eit nytt strategisk forskingsprogram på 5 mill. kroner årleg i perioden 2012–14. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) fekk oppdraget.

Departementet foreslår å setje av om lag 1,3 mill. kroner på kap. 281 post 70 for å føre vidare arbeidet med kandidatundersøkinga gjennom NIFU.

I tillegg set departementet av om lag 1,5 mill. kroner til andre utgreiingar og oppdrag, til dømes om konseptval for bygg og infrastruktur.

Komité for kjønnsbalanse i forskning (Kif-komiteen) i Universitets- og høgskolerådet skal nemnast opp for ein ny programperiode på fire år, frå 2014–17. Hovudmålet for komiteen er å støtte opp under og gi tilrådingar om tiltak som kan medverke til å integrere arbeidet med likestilling ved universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta. Kif har i forskingsmeldinga fått i oppdrag å komme med konkrete forslag til korleis vi raskare kan nå målet om kjønnsbalanse i toppstillingar ved universitet og høgskolar. Departementet foreslår eit tilskott på 1,5 mill. kroner til komiteen i 2014. Sjå meir om likestilling under programkategori 07.70 Forsking og i kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Departementet foreslår eit tilskott på 150 000 kroner i 2014 til Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), som er sekretariat for Brukerforum for funksjonshemmede i høyere utdanning. Forumet skal vere ein møtestad for representantar frå organisasjonar for funksjonshemma, studentorganisasjonar, universitet og høgskolar.

Det vert sett av om lag 3 mill. kroner til Eurostudent-undersøkinga og andre internasjonale tiltak på kap. 281 post 70. Sjå òg omtale under kap. 281 post 01.

Post 73 Tilskott til internasjonale program

Tilskottet over posten går til å dekkje medlemskontingenten for å delta i EU-programmet Erasmus Mundus. I tillegg vil løyvinga til den nordiske avtalen om tilgang til høgre utdanning bli gitt over denne posten frå og med 2014.

Mål for 2014

Målet er å auke det internasjonale samarbeidet i høgre utdanning gjennom Erasmus Mundus og gjennom nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning.

Rapport for 2012

Samla vart det tildelt om lag 18,7 mill. kroner over posten i 2012.

Erasmus Mundus legg til rette for auka samarbeid mellom norske og utanlandske institusjonar om master- og doktorgradsutdanning. Kontingenten var 16,1 mill. kroner i 2012. Deltaking i Erasmus Mundus skal mellom anna medverke til å betre fagleg utdanningskvalitet i Noreg og gjennom det auke tiltrekningskrafta overfor utanlandske studentar, særleg frå land utanfor Europa. På lengre sikt kan dette betre både kvaliteten og omdømmet til norsk høgre utdanning.

Sjå kap. 281 post 70 for rapportering av midlane Kunnskapsdepartementet tildelte i 2012 til nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning.

Budsjettforslag for 2014

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på om lag 71 mill. kroner over kap. 281 post 73 i 2014.

Eit nytt EU-program for utdanningssamarbeid skal vere på plass frå 2014. Det nye programmet slår saman Erasmus Mundus, EUs program for livslang læring (LLP) og andre program til det nye felles programmet Erasmus+. Noregs kontingent vert finansiert over kap. 252 post 70. Det vil i nokre år framover likevel vere behov for finansiering av Erasmus Mundus for å sluttføre prosjekt. Departementet foreslår 13 mill. kroner i 2014 for å dekkje kontingenten til Erasmus Mundus.

Departementet foreslår å løyve om lag 58,1 mill. kroner over kap. 281 post 73 for å føre vidare nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning. Det omfattar ein auke på om lag 10,7 mill. kroner for auka sats per student og ein auke i talet på utreisande studentar til dei andre nordiske landa.

Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

Posten omfattar driftstilskott til Universitets- og høgskolerådet (UHR) og til aktivitet koordinert gjennom rådet, inkludert tilskott til utgiving av lærebøker.

Mål for 2014

UHR skal fremme samordning mellom universitet og høgskolar innanfor høgre utdanning, forsking, formidling og ressursforvaltning.

Rapport for 2012

Kunnskapsdepartementet tildelte om lag 14,5 mill. kroner til UHR i 2012 over kap. 281 post 78, som inkluderer om lag 4,8 mill. kroner til utgiving av lærebøker. I tillegg har departementet tildelt 9,3 mill. kroner til UHR over denne posten for å koordinere seks SAK-prosjekt ved universitet og høgskolar. UHR fekk òg tildelt midlar over kap. 281 post 70 til SAK-tiltak. I 2012 har UHR gitt viktige bidrag i arbeidet med Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter. UHR har i 2012 utarbeidd ein rapport om UHRs rolle, oppgåver og organisering. UHR har peikt ut tre hovudområde for oppfølging: kontakten mellom styret og resten av organisasjonen, kommunikasjon og informasjon samt gjennomslagskraft.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 15,8 mill. kroner over kap. 281 post 78 i 2014. Beløpet omfattar om lag 5,1 mill. kroner til utgiving av lærebøker.

Kap. 3281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

02

Salsinntekter o.a.

10

10

Sum kap. 3281

10

10

Post 02 omfattar ymse inntekter knytte til dei tiltaka som får løyving under kap. 281 post 01.

Programkategori 07.70 Forsking

Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

283

Meteorologiformål

322 446

336 463

346 620

3,0

284

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

16 300

17 236

5,7

285

Noregs forskingsråd

2 688 103

2 773 611

2 951 629

6,4

286

Forskingsfond

219 044

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

251 164

476 817

488 440

2,4

288

Internasjonale samarbeidstiltak

1 407 118

1 945 993

1 593 468

-18,1

Sum kategori 07.70

4 887 875

5 549 184

5 397 393

-2,7

Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

3286

Forskingsfond

80 219 044

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

209 102

419 000

219 000

-47,7

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 518

4 492

4 684

4,3

Sum kategori 07.70

80 432 664

423 492

223 684

-47,2

Innleiing

Samfunnet krev i dag forskingsbasert kunnskap på mange område. Forsking gir oss grunnleggjande ny erkjenning, og er eit viktig verkemiddel for å møte dei globale utfordringane, for å utvikle velferda i samfunnet og for at vi skal ha eit framtidsretta og nyskapande næringsliv.

Regjeringa har høge ambisjonar for norsk forsking og høgre utdanning når det gjeld både kvalitet og omfang av forskingsinnsatsen. I forskingsmeldinga, Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter, trekkjer regjeringa opp linjene for forskingspolitikken framover. Regjeringa vurderer det slik at forskinga i Noreg er av god kvalitet, og at det norske systemet fungerer godt. Men det er mogleg å heve kvaliteten ytterlegare, for meir fornying og betre samspel om utvikling og bruk av kunnskap. Regjeringa vil halde fram med å auke forskingsløyvingane i åra som kjem. Auken vil bidra til å realisere dei forskingspolitiske måla og stimulere til auka FoU-innsats i næringslivet.

Regjeringa vil utarbeide ein tiårig langtidsplan for forsking og høgre utdanning for å sikre eit langsiktig perspektiv i dei nasjonale kunnskapsinvesteringane. Planen skal leggje føringar på investeringar i forsking og høgre utdanning og vere eit verktøy for å spisse innsatsen på område der Noreg har strategiske fortrinn, eller for å dekkje framtidige behov for kunnskap på viktige område. Samtidig skal langtidsplanen ha rom for nytenkjande og grenseoverskridande forsking som kan gi oss ny kunnskap på lang sikt.

Regjeringa fører vidare måla frå St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning. Forskingspolitikken skal framleis rette seg inn mot fem strategiske mål. Forskinga skal bidra til

  • å møte globale utfordringar særleg innanfor miljø, klima, hav, mattryggleik og energi

  • god helse, helse- og omsorgstenester av høg kvalitet og reduserte sosiale helseskilnader

  • forskingsbasert velferdsspolitikk og profesjonsutøving i velferdstenestene

  • eit kunnskapsbasert næringsliv i heile landet

  • næringsutvikling innanfor områda mat, marin, maritim, reiseliv, energi, miljø, bioteknologi, IKT og nye materialar/nanoteknologi

For å nå dette målet må Noreg ha eit velfungerande forskingssystem, høg kvalitet i forskinga, høg grad av internasjonalisering av forskinga og effektiv utnytting av forskingsressursar og -resultat.

Dei tverrgåande måla i forskingsmeldinga gjeld for heile det norske forskingssystemet. Desse måla er omfattande, og dei er i stor grad overlappande og avhengige av kvarandre. Kunnskapsdepartementet har som forskingskoordinerande departement eit særleg ansvar for desse tverrgåande måla, og det er derfor dei som blir omtalte i denne programkategorien. Alle departementa finansierer forsking på sine område og skal gjennom forskingsløyvingane sine medverke til å nå dei forskingspolitiske måla som regjeringa har sett. Del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet inneheld ein heilskapleg omtale av den samla satsinga på forsking i statsbudsjettet.

Størstedelen av forskingsløyvingane under denne programkategorien omfattar løyvingar over Kunnskapsdepartementets budsjett til forsking gjennom Noregs forskingsråd. Kunnskapsdepartementet har ei viktig rolle gjennom finansiering av program og aktivitetar som er sentrale for eit velfungerande forskingssystem, og tiltak som går på tvers av sektorar. I tillegg har departementet eit særleg ansvar for å finansiere grunnforsking. Norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar og norsk deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar blir finansierte innanfor denne programkategorien. Programkategorien omfattar også løyvingar til dei regionale forskingsfonda, dei nasjonale forskningsetiske komiteane og Meteorologisk institutt. Grunnløyvinga til universitet og høgskolar dekkjer òg forsking og forskarutdanning, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Tilstandsvurdering

Mål: Eit velfungerande forskingssystem

Eit velfungerande system for forsking har godt samarbeid mellom forskingsaktørane, tilstrekkeleg forskingskapasitet i heile landet, god balanse mellom konkurranse og samarbeid, gode system for kunnskapsoverføring og høg etisk standard i forskinga. Noreg har i all hovudsak eit velfungerande forskingssystem.

Tilgang på forskarrekruttar er viktig for å få fagleg fornying i forskingssystemet og for å erstatte forskarar som sluttar i yrkeslivet. Det har vore ein sterk vekst i talet på nye doktorar i dei siste tiåra, og 2012 vart nok eit rekordår med 1 461 disputasar ved norske universitet og høgskolar. For første gong disputerte om lag like mange kvinner som menn. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) evaluerte norsk doktorgradsutdanning i 2012, og la fram rapporten PhD education in a knowledge society, som viser at utdanninga held høg kvalitet, trass i den sterke veksten. Samtidig peiker evalueringa på at gjennomsnittsalderen til kandidatane er høg, særleg i samfunnsvitskap, humaniora og medisin.

Noregs forskingsråd spelar ei sentral rolle i det norske forskingssystemet. Forskingsrådet er det viktigaste verkemiddelet regjeringa har for å utvikle forskingssystemet og for å gjennomføre dei forskingspolitiske prioriteringane. Nær ein tredel av dei offentlege midlane til forsking går gjennom Forskingsrådet, og desse midlane er med på å strukturere og utvikle det norske forskingssystemet. Forskingsrådet har ansvaret for å utvikle ein godt samansett portefølje av verkemiddel som sikrar kvalitet og relevans på prioriterte område, og som stimulerer til formålstenleg samarbeid, konsentrasjon og arbeidsdeling i norsk forsking. Evalueringa av Noregs forskingsråd (Technopolis 2012) viser at Forskingsrådet fungerer godt, og at verksemda bidrar til auka kvalitet i norsk forsking og redusert fragmentering i det norske forskingssystemet. Evalueringa peiker også på nokre utfordringar og foreslår mellom anna at Forskingsrådet tydelegare må leggje vekt på behovet for fornying i norsk forsking og for grensesprengjande forsking i Noreg. For ein meir detaljert omtale av regjeringa si oppfølging av evalueringa av Forskingsrådet, sjå kap. 285.

Universitet og høgskolar fyller ei viktig rolle i forskingssystemet og står for 26,4 pst. av det samla forskings- og utviklingsarbeidet i Noreg. Dei store universiteta driv grunnforsking på mange område. For høgskolane er særleg profesjonsforsking og utvikling av utdanning knytt til praksisfeltet viktig. For nærmare omtale av forsking i universitets- og høgskolesektoren, sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Den norske forskingsinstituttsektoren har ein sentral plass i det norske forskingssystemet. Sektoren står for 23,3 pst. av forskinga og utviklingsarbeidet i Noreg. I samband med arbeidet med forskingsmeldinga er det gjennomført fem kunnskapsinnhentingsprosjekt om instituttsektoren. Konklusjonane i prosjekt- og evalueringsrapportane viser mellom anna at forskingsinstitutta i høg grad er marknadsstyrte, og at dei kan vise til aukande og betydeleg publisering av vitskapleg arbeid. Forskingsinstitutta er nasjonalt og internasjonalt konkurransedyktige. Institutta er den viktigaste aktøren innanfor norsk anvend forsking, og er hovudleverandør av FoU-tenester til både offentleg og privat sektor. Samanlikna med universitet og høgskolar hentar dei klart inn mest inntekter frå EU-finansiert forsking, utanlandsk næringsliv og internasjonale forvaltningsorgan. Det er stor variasjon mellom institutta.

Den eksisterande ordninga med statleg basisløyving til forskingsinstitutt kom i stand i 2009, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009) og St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet. Delar av grunnløyvinga er resultatbasert ut frå eit sett av indikatorar for kvalitet og relevans. Damvad Norge gjennomførte i 2012 ei evaluering av ordninga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Hovudkonklusjonen frå evalueringa er at finansieringssystemet har medverka til å oppfylle målet om å styrkje kvaliteten og relevansen i instituttsektoren, men at systemet bør forenklast for å hjelpe til med ytterlegare måloppnåing, jf. omtale under Strategiar og tiltak.

Næringslivet står for 44,2 pst. av den samla forskings- og utviklingsinnsatsen i Noreg. Det er utvikla eit breitt sett av offentlege verkemiddel for å stimulere til forsking og utviklingsarbeid i næringslivet. Gode koplingar mellom forsking, utdanning og innovasjon er viktig for at samfunnet får glede av den kunnskapen som blir skapt. For nærmare omtale av forsking i næringslivet, sjå Prop 1 S (2013-2014) for Nærings- og handelsdepartementets område.

Den fjerde forskingsutførande sektoren i Noreg er helseføretaka. Helseføretaka står for 6,1 pst. av det samla forskings- og utviklingsarbeidet i Noreg. Det er forskingsaktivitet ved alle helseføretaka, men universitetssjukehusa stod i 2011 for 83 pst. av dei rapporterte driftskostnadene til forsking og 81 pst. av forskingsårsverka. Forsking er ei av dei lovpålagde oppgåvene til eit helseføretak og eit sentralt element for utvikling av kvalitet, pasienttryggleik og kostnadseffektivitet i helse- og omsorgssektoren. For nærmare omtale av helseføretaka, sjå Prop 1 S (2013-2014) for Helse- og omsorgsdepartementets område.

Ein viktig del av eit velfungerande forskingssystem er at heile landet har tilgang til forskingsbasert kompetanse. Dei regionale forskingsfonda supplerer dei nasjonale FoU-verkemidla og styrkjer regional forsking og innovasjon. Det er komme to delrapportar i ei treårig følgjeevaluering av dei regionale fonda. Rapportane viser at det er utvikla velfungerande system for utlysing og handsaming av søknader, og at prosjekta som får tildelt midlar, held høg kvalitet. Evalueringa blir utført av NIFU og blir avslutta i slutten av 2013.

Vitskapsakademia er viktige stemmer i debatten om forsking og forskingspolitikk. Dei har eit stort internasjonalt kontaktnett og gjer ein viktig jobb som formidlarar av forsking til allmenta. Dei tek jamleg initiativ til møte om ulike forskingstema, ofte i samarbeid med næringsliv, organisasjonar eller offentlege verksemder.

Noreg har eit omfattande system for å sikre god forskingsetisk praksis. Forskingsutførande institusjonar har ansvaret innanfor sine forskingsmiljø. Dei forskingsetiske komiteane og Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking er fagleg uavhengige organ for forskingsetiske spørsmål og gransking innanfor alle fagområde. Komiteane har mellom anna i oppgåve å skape debatt om forsking og forskingsetikk, metodar og bruk av resultat. Dei utarbeider både generelle og fagspesifikke retningslinjer for god forskingsetisk praksis. Forskingsinstitusjonane har ansvaret for at slike retningslinjer blir følgde opp av tilsette og studentar, og skal ha system for å handtere moglege forskingsetiske konfliktar og tvilsspørsmål. Arbeidet for god etisk standard i norsk forsking er ein viktig del av eit velfungerande forskingssystem. Sjå òg omtale under Strategiar og tiltak og kap. 284.

Riksrevisjonen har gjennomført ein forvaltningsrevisjon av Kunnskapsdepartementets koordinering av forskingspolitikken og la fram undersøkinga si i november 2012. Riksrevisjonen peiker på at det er behov for auka koordinering som følgje av at forskinga har vorte meir sektorovergripande. Riksrevisjonen foreslår at dei eksisterande verkemidla for å koordinere forskingspolitikken bør utnyttast betre, blant anna gjennom å styrkje samarbeidet med sektordepartementa om det forskingsstrategiske arbeidet, bruke departementa sitt forskingsutval (DFU) for å drøfte forskingsstrategiske saker, avgrense talet på delmål i tildelingsbreva til Forskingsrådet og sikre at prioriteringar i forskingsamarbeidet med EU blir inkluderte i budsjettdiskusjonane med andre departement.

Mål: Høg kvalitet i forskinga

For å skape høg kvalitet i forskinga treng ein langsiktige og stabile økonomiske rammer, moderne forskingsinfrastruktur og bygg, kjønnsbalanse, forskarrekruttering og god kopling mellom utdanning, forsking og innovasjon. Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid og i internasjonale forskingsprogram, som til dømes EUs rammeprogram, er viktig både for å auke kvaliteten i norsk forsking og for å kunne måle kor konkurransedyktig norsk forsking er.

Vitskapleg publisering vurdert av fagfellar er ei viktig form for kvalitetssikring av forskinga. Noreg er eitt av få vesteuropeiske land som har auka sin del av verdas artikkelproduksjon i dei siste ti åra, frå 0,54 pst. i 2001 til 0,63 pst. i 2011. Tala frå Forskningsbarometeret 2013 viser at Noreg er det landet som har hatt sterkast vekst i artikkelproduksjon, samanlikna med referanselanda (Danmark, Sverige, Nederland, Finland og Austerrike). Veksten i publiseringar, målt som talet på artiklar per 1 000 innbyggjarar, har vore på heile 65 pst. i perioden 2001–10. Norske forskarar har også auka sitt vitskaplege gjennomslag skal ein dømme etter det gjennomsnittlege talet på siteringar, som òg har auka i same periode. Auken er likevel mindre enn for dei andre nordiske landa. Forsking innanfor samfunnsvitskap og humaniora blir mest sitert, men òg innanfor energi og energiteknologi, geovitskap og geoteknologi, landbruk og mat ligg siteringsindeksen godt over verdssnittet.

Figur 4.19 Tal på artiklar per 1 000 innbyggjarar

Figur 4.19 Tal på artiklar per 1 000 innbyggjarar

Kjelde: National Science Indicators og Thomson Reuters tilrettelagde av NIFU

I Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter vurderer regjeringa det samla sett slik at forskinga i Noreg held god kvalitet, og at det norske forskingssystemet fungerer godt. Likevel er det eit potensial for

  • å heve kvaliteten ytterlegare, og for å skape fleire forskingsmiljø i internasjonal toppklasse

  • å leggje betre til rette for dristigheit og fornying i forskingssystemet og i utviklinga av næringsliv og offentleg sektor

  • sterkare internasjonalisering i delar av forskings- og innovasjonssystemet og god samanheng mellom nasjonal og internasjonal verkemiddelbruk

  • betre samspill om utvikling og bruk av kunnskap

Forskingsrådet har fleire verkemiddel som har som hovudmål å fremme kvalitet i forskinga. Blant dei viktigaste er Fri prosjektstøtte (FRIPRO) og ordningane Senter for framifrå forsking (SFF) og Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI).

FRIPRO er det største verkemiddelet Kunnskapsdepartementet finansierer gjennom Forskingsrådet. Verkemiddelet skal få fram forsking av høg vitskapleg kvalitet, ved å finansiere dei vitskapleg sett beste forskingsprosjekta og bidra til grunnleggjande teori- og metodeutvikling og vitskapleg fornying av faga. FRIPRO vart evaluert i 2012, og hovudkonklusjonen er at verkemiddelet innfrir målet om å støtte forsking av høg kvalitet, men lykkast dårlegare med å støtte risikofylte prosjekt på nye område.

SFF-ordninga gir langsiktig finansiering til framifrå forskingsmiljø. Målet med ordninga er konsentrert, målretta og langsiktig forskingsinnsats på høgt internasjonalt nivå, med forskarutdanning og internasjonalt samarbeid som viktige delmål. I 2012 inkluderte ordninga 21 ulike senter fordelte på åtte vertsinstitusjonar.

SFI-ordninga styrkjer innovasjon gjennom satsing på langsiktig forsking i nært samarbeid mellom forskingsintensive verksemder og framifrå forskingsmiljø. 21 senter inngår i ordninga, med deltaking frå 154 private og offentlege verksemder.

Det europeiske forskingsrådet (ERC) er eit verkemiddel i EUs sjuande rammeprogram som er retta mot grunnforsking og finansierer prosjekt berre på grunnlag av kvalitet, og ikkje tema eller relevans. Dei norske resultata i ERC kan såleis seie noko om kvaliteten i norsk grunnforsking i konkurranse med dei andre europeiske landa. Forskarar ved norske institusjonar har så langt fått finansiert 36 prosjekt; av desse gjekk 15 til yngre forskarar og 21 til etablerte forskarar. Dette er atskillig lågare enn kva Sverige (130), Danmark (68) og Finland (55) har fått tildelt.

I 2012 vart det lagt fram ei omfattande evaluering av norsk klimaforsking sett i eit internasjonalt perspektiv. Evalueringa viser at sentrale delar av norsk klimaforsking er i verdstoppen, og at norske forskargruppar har eit godt omdømme internasjonalt. Norske klimaforskarar publiserer mest i verda per innbyggjar, og talet på forskingsartiklar om klima aukar meir enn på andre område. Klimasystemforskinga og forskinga på effektar av klimaendringar blir trekte fram som dei sterkaste områda.

I 2012 vart òg den grunnleggjande forskinga innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi evaluert. Evalueringa viser at kvaliteten på den norske IKT-forskinga generelt sett er god, og at Noreg har nokre miljø i verdstoppen. Samstundes peiker evalueringa på at det er for lite forskingsaktivitet på nokre område, som data- og informasjonstryggleik.

Forskingsinstitutta dekkjer ein stor del av behovet for anvend kunnskap i forvaltninga og næringslivet. Institutta har ein monaleg og aukande produksjon av vitskaplege publikasjonar. Artiklane blir siterte langt meir enn verdsgjennomsnittet, og institutta skårar betre på siteringar enn universitet og høgskolar. Det er stor variasjon mellom institutta når det gjeld storleik, resultat og deltaking på internasjonale og nasjonale forskingsarenaer. Det kan skyldast at institutta har og bør ha ulike roller og profilar i forskingssystemet, og at resultat og formidlingsformar er tilpassa ulike målgrupper.

Den nasjonale satsinga på infrastruktur er eit viktig tiltak for å bidra til kvalitet i forskinga. Frå 2011 har det vore øyremerkt midlar til infrastruktursatsinga over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Investeringane i infrastruktur og i norsk deltaking i internasjonalt infrastruktursamarbeid skal styrkje kvaliteten, støtte opp om dei nasjonale forskingspolitiske prioriteringane og auke effektiviteten i norsk forsking. I 2010 lanserte Forskingsrådet eit norsk vegkart for forskingsinfrastruktur. Vegkartet blir oppdatert etter kvar store utlysing av midlar til infrastruktur i regi av Forskingsrådet. Vegkartet inneheld no 32 prosjekt, der 21 anten er under etablering eller i drift. Prosjekta på vegkartet har anten allereie motteke finansiering eller vorte vurderte som investeringsklare. Den nasjonale infrastruktursatsinga er integrert med det europeiske infrastruktursamarbeidet gjennom Det europeiske strategiske forumet for forskningsinfrastruktur (ESFRI). Norske fagmiljø deltek aktivt i førebuingane av i alt 24 europeiske forskingsinfrastrukturprosjekt.

For at norsk forsking og utdanning skal bli best mogleg, må sektoren lykkast med å rekruttere talent av begge kjønn. Forskinga har behov for breidd i kompetanse og i faglege perspektiv. Departementet held fram med arbeidet med å fremme likestilling mellom kvinner og menn på alle stillingsnivå og fagområde innanfor forskingssektoren. Forskingsrådet arbeider med ein revidert Policy for likestilling og kjønnsperspektiver i forskning, som vil vere grunnlaget for Forskingsrådets arbeid med likestilling i forsking. Rekrutteringa av kvinner til forsking er god, men det er ei utfordring at kvinner framleis er underrepresenterte i akademiske toppstillingar. Forskingsrådet har teke initiativet til eit program for kjønnsbalanse i toppstillingar og forskingsledelse (BALANSE 2012–2018) som eit tiltak for å kvalifisere fleire kvinner til forskingsleiing. Kunnskapsdepartementet løyvde i 2013 7 mill. kroner til programmet. Sjå òg omtale under kap. 8 i del III av proposisjonen.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 530, 10. juni 2013 i samband med handsaminga av Innst. 372 S (2012–2013), jf. Meld. St. 18 (2012–2013):

«Stortinget ber regjeringen satse mer målrettet på internasjonalt fremragende forskningsmiljøer og universitetsmiljøer i verdenstoppen, etter modell av Global Centers of Expertise.»

Som skildra ovanfor arbeider regjeringa med å fremme kvalitet i forskinga på fleire måtar. Regjeringa meiner at det er potensial for å heve kvaliteten ytterlegare for å skape fleire forskings- og utdanningsmiljø i internasjonal toppklasse. Kunnskapsdepartementet vil i den kommande fireårsperioden rette søkjelyset mot den faglege utviklinga ved nokre av våre mest forskingsintensive universitet og samanlikne dei systematisk med dei beste universiteta i Norden. For ein nærmare omtale av kvalitet ved universitet og høgskolar, sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Innovasjon Noreg, SIVA og Noregs forskingsråd har i fellesskap utarbeidd eit forslag om eit nytt heilskapleg klyngeprogram, der «Global Centres of Expertise (GCE)» er foreslått som eit nytt tredje nivå i klyngesatsinga, etter Arena og Norwegian Centres of Expertise (NCE). Vi viser til nærmare omtale av det nye klyngeprogrammet i Prop. 1 S (2013–2014) for Nærings- og handelsdepartementets område.

Mål: Internasjonalisering av forskinga

Mindre enn ein pst. av den globale kunnskapsproduksjonen skjer i Noreg. Internasjonalt samarbeid om forsking er derfor naudsynt for at det norske samfunnet og næringslivet kan dra nytte av denne kunnskapen. Målet er å auke kvaliteten på norsk forsking. Forsking er naturleg grenselaus og internasjonal. Dei aller fleste forskarar har kontakt med kolleger utanfor sitt eige land, og samhandlar og kommuniserer med internasjonale partnarar. I tillegg kjem mange forskarar til Noreg for å arbeide hos norske institusjonar og verksemder. Internasjonal rekruttering er avgjerande for tilgang på arbeidskraft og høg kompetanse, og gjer sitt for å sørgje for flyt av kunnskap og nye nettverk. I forskingsmeldinga ligg det ei klar forventning frå regjeringa om auka internasjonalisering av norsk forsking og høgre utdanning.

Noreg er med i EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (7RP) og EUs program for konkurranseevne og innovasjon (CIP). Noreg er med i forskings- og innovasjonsprogramma til EU for å få tilgang på ny kunnskap, teknologi, marknader og infrastruktur, for å kvalitetssikre norsk forsking og innovasjon, og for å få tilgang på nettverk og bidra til den politikkutviklinga som skjer i EU. Deltakinga i desse programma er òg ein del av norsk europapolitikk. 2013 er det siste året i programperioden for dei eksisterande EU-programma, sjølv om aktivitetar i programma vil halde fram ut over programperioden. Den neste programperioden startar i 2014. Regjeringa har varsla at Noreg tek sikte på å halde fram med deltakinga i EU-programmet for forsking og innovasjon, og vil komme tilbake til Stortinget når det neste programmet, Horisont 2020, er vedteke i EU.

Forskningsbarometeret2013 tok for seg norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid. Noreg har låg deltaking i dei største delprogramma i 7RP (IKT, helse, Det europeiske forskingsrådet) og varierande deltaking mellom sektorar og institusjonar. Til dømes mottek den norske universitets- og høgskolesektoren færre EU-midlar enn same sektor i dei andre barometerlanda sett i lys av FoU-ressursane. Noreg har gjennom heile 7RP peikt seg særs godt ut i miljø- og klimaprogrammet, men har òg vist styrke innanfor andre område som energi, tryggleik, landbruk, mat og bioforsking, og samfunnsvitskap. Barometeret fann at om ein kontrollerer for storleiken på det nasjonale forskingssystemet, har norske forskarar like høg eller høgre deltaking i rammeprogrammet som forskarar i dei andre nordiske landa. Men barometeret finn òg at veksten i EU-finansieringa er lågare enn for dei andre landa. Fleire norske forskarar har potensial for å delta i EUs rammeprogram. Figuren under gir eit bilete av norsk deltaking i 7RP samanlikna med mellom anna dei andre nordiske landa. Han viser EU-støtte frå 7RP per FoU-årsverk og per FoU-utgifter for å ta omsyn til skilnader i storleik. Normalisert etter landa sine totale FoU-utgifter er Noregs deltaking (målt som EU-støtte) den høgste i Norden, men lågare enn Nederland og Sveits. Om ein ser på EU-støtte per totale FoU-årsverk, ligg ikkje Noreg så høgt, men likevel foran Finland og Danmark.

Figur 4.20 Normalisert nasjonal deltaking i 7RP – Samla EU-støtte frå 7RP per totale FoU-utgifter og per totale forskarårsverk (2007–2011)

Figur 4.20 Normalisert nasjonal deltaking i 7RP – Samla EU-støtte frå 7RP per totale FoU-utgifter og per totale forskarårsverk (2007–2011)

Kjelde: Europakommisjonen: E-corda og OECD MainScience and Technology Indicators 2012:2

I porteføljen til Noregs forskingsråd er det registrert 149 samarbeidsland, noko som viser breidda av det internasjonale forskingssamarbeidet. Forskingsrådet har ei særskild oppgåve i å leggje til rette for internasjonalt forskingssamarbeid. Den internasjonale strategien til Forskingsrådet seier mellom anna at internasjonalt samarbeid skal vere ein integrert del av alle aktivitetar, og at alle program skal ha ein plan for internasjonalt samarbeid. I tillegg er det eigne internasjonale satsingar. Det har vore ein svak auke i internasjonalt samarbeid gjennom Forskingsrådets eigne program. Dette er i tråd med måla i den internasjonale strategien. USA er det landet der norske forskarar har flest samarbeidspartnarar. Innanfor det europeiske samarbeidet er Noreg aktivt med på å utvikle det europeiske forskingsområdet (ERA), og har delteke i europeiske forskings- og innovasjonsprogram i fleire tiår.

Noregs forskingsråd har eit særskilt ansvar for å mobilisere norske forskingsmiljø til å delta i rammeprogrammet. Forskingsrådet hjelper forskarar som er med i prosjekt og prosjektsøknader. Forskingsrådet har fleire målretta verkemiddel for å leggje til rette for auka og styrkt deltaking. Ordninga med prosjektetableringsstønad (PES) dekkjer kostnader for norske forskingsmiljø til å førebu søknader eller prosjektforslag til europeiske FoU-program. Forskarar i verksemder, ved forskingsinstitutt, høgskolar, universitet, regionale helseføretak og andre som er naturlege deltakarar i prosjektforslag retta mot europeiske FoU-program kan søkje. I budsjettet for 2012 vart det oppretta ei målretta stimuleringsordning for forskingsinstitutt som er med i 7RP, STIM-EU. Ordninga skal nyttast strategisk for å styrkje kvaliteten på og omfanget av EU-prosjekt i instituttsektoren. STIM-EU går direkte til institutta som får midlar frå EU og gir ekstra utteljing for institutt som involverer norsk næringsliv. Ordninga har fått gode tilbakemeldingar frå instituttsektoren.

EU har ein ambisjon om tettare integrasjon av forsking, høgre utdanning og innovasjon, og har eit uttalt mål om å gjennomføre eit europeisk forskingsområde (ERA). Forsking og innovasjon er viktige verkemiddel for å løfte Europa ut av den økonomiske krisa. Som følgje av denne utviklinga har EU etablert fleire program og initiativ i tilknyting til rammeprogrammet for forsking. Desse programma og initiativa blir kalla randsoneaktivitetar eller ERA-aktivitetar. I løpet av 2012 har Noreg dobla den summen som blir løyvd til prosjekt i randsoneaktivitetane gjennom 7RP.

EU legg til rette for auka integrasjon av forskingssamarbeidet på nasjonalt nivå gjennom felles programsatsingar, Joint Programming Initiatives (JPI). Nasjonale program står for 88 pst. av dei totale investeringane til forsking i Europa. JPI-samarbeidet legg til rette for betre koordinering og felles innsats innanfor spesifiserte fagområde. I dag er det oppretta ti tematiske JPI-ar, der Noreg førebels er med i oppstartsfasen på alle. Noreg, Spania og Belgia har teke initiativet til ein JPI om havforsking (JPI Healthy and Productive Seas and Oceans). Eit anna område for felles innsats er samarbeid om forskingsinfrastruktur gjennom Det europeiske strategiske forumet for forskingsinfrastruktur (ESFRI). Norsk deltaking i forskingsinfrastruktur på ESFRIs vegkart må sjåast i samanheng med tilsvarande nasjonal innsats. Kunnskapsdepartementet har gitt Forskingsrådet i oppdrag å følgje opp den norske deltakinga i ESFRI.

Noreg er med på fleire arenaer for internasjonalt forskingssamarbeid utanfor EU. Forutan dei europeiske programma der EU-forsking er ein hovudarena, er Noreg òg med i forskingssamarbeid med Norden. Nordisk forskingssamarbeid skal skje på område som er prioriterte av minst tre land. Det er òg eit mål at det nordiske samarbeidet skal gjere dei nordiske landa meir synlege i andre internasjonale settingar. Noreg har òg bilateralt samarbeid med fleire land. Dei landa som er høgst prioriterte, er USA, Canada, Japan, Kina, Russland, India, Sør-Afrika og Brasil (sjå omtale av særskilte tiltak under kap. 281 post 01). I 2012 vart det oppretta ei stilling som spesialutsending for utdanning, forsking og teknologi ved den norske ambassaden i Moskva for å styrkje det bilaterale samarbeidet med Russland. Noreg har tilsvarande stillingar i Brussel, Beijing og Washington.

Mål: Effektiv utnytting av resultat og ressursar

Ressursane som blir tilførte norsk forsking, skal utnyttast så effektivt som mogleg. Likeins er det ønskeleg at resultata frå forskinga kjem anna forsking og samfunnet til gode gjennom god utdanning, betre forvaltning, betre tenester og verdiskaping. Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter fører vidare ei brei forståing av kva som er samfunnsnytta av forskinga. Forskingspolitikken skal bidra til at vi kan møte globale utfordringar, sikre god helse og velferd og sikre eit kunnskapsbasert næringsliv i heile landet.

Forsking er ei langsiktig investering, og det kan vere utfordrande å måle resultat av forsking. Det er ikkje enkelt å påvise om lett målbare resultat av forskingsmidlar som vitskapleg publisering bidrar til at vi når andre mål for samfunnet, som betre helse og auka verdiskaping.

Innstillinga frå utvalet som skulle sjå på god måloppnåing i offentleg finansiert forsking (Fagerberg-utvalet), vart send ut til høyring hausten 2011. Høyringa gav ikkje eintydige råd om endringar i den offentlege finansieringa som kan bidra til høgst mogleg samfunnsøkonomisk avkastning av forskingsinnsatsen eller til betre måloppnåing innanfor norsk offentleg finansiert forsking. Departementet følgjer opp utgreiinga gjennom å utvikle vidare den årlege tilstandsrapporten om universiteta og høgskolane og gjennom det årlege Forskningsbarometeret til Kunnskapsdepartementet. Vidare gir Noregs forskingsråd årleg ut publikasjonen Det norske forsknings- og innovasjonssystemet: statistikk og indikatorer («Indikatorrapporten»).

Den nasjonale satsinga på forskingsinfrastruktur er som nemnt eit viktig verkemiddel for å styrkje kvaliteten på forskinga. Satsinga skal òg auke effektiviteten i norsk forsking gjennom å sikre arbeidsdeling og tilgang til infrastruktur nasjonalt og internasjonalt. Gode døme på sistnemnde er Consortium of European Social Science Data Archives (CESSDA), Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) og European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure (ECCSEL). Desse tre prosjekta er inkluderte i vegkartet til Det europeiske strategiske forumet for forskingsinfrastruktur (ESFRI) og blir finansierte og følgde opp gjennom den nasjonale infrastruktursatsinga. I konkurranse med fleire europeiske land vart hovudkvarteret for CESSDA etablert i Bergen i juni 2013. CESSDA er eit internasjonalt samarbeid om samfunnsvitskaplege databasar og vil vere til nytte for meir enn 30 000 forskarar og studentar både i Europa og resten av verda. CESSDAs primære formål er å leggje til rette for og stimulere til meir intensiv bruk av høgkvalitetsdata i samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking. CESSDA er etablert som ein samarbeidsorganisasjon mellom (på oppstartstidspunktet) 13 land og med eit norsk aksjeselskap eigd av Kunnskapsdepartementet som juridisk driftsorganisasjon. Dersom Noreg finn å kunne ta EU-forordninga om ERIC (European Research Infrastructure Consortium – ei særskilt organisasjonsform for felleseuropeiske infrastrukturar) inn i norsk rett, vil selskapet bli omdanna til eit ERIC.

Betre tilgang til forskingsdata bidrar til å forenkle forskingssamarbeid, auke kvaliteten på forskinga og dermed til ei meir effektiv utnytting av resultata og ressursane. Forskingsmeldinga slår fast at regjeringa prinsipielt meiner at all forsking som er heilt eller delvis offentleg finansiert, skal vere ope tilgjengeleg. Prinsippet skal likevel ikkje komme i konflikt med den fridommen forskarane har til å velje publiseringskanal.

Det handlingsretta forskingsprogrammet FORFI skal gi eit betre kunnskapsgrunnlag for forskings- og innovasjonspolitikken, noko som igjen kan føre til meir effektiv utnytting av resultat og ressursar frå forsking. Programmet vart sett i drift i 2010, og skal gå over fem år med eit totalbudsjett på om lag 50 mill. kroner.

Strategiar og tiltak

Langtidsplan for forsking og utdanning

I Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter (forskingsmeldinga), jf. Innst. 372 S (2012–2013), varslar regjeringa at ho vil halde fram med å auke løyvingane til forsking i åra framover. Regjeringa har høge ambisjonar om å utvikle høgre utdannings- og forskingsmiljø i internasjonal toppklasse. Veksten i forskingsløyvingane skal rettast mot dei forskingspolitiske måla og stimulere til auka FoU-innsats i næringslivet. Tildelingane til forsking og høgre utdanning skal vere langsiktige, koordinerte og tydeleg prioriterte. Regjeringa varsla derfor i forskingsmeldinga at det skal leggjast fram ein tiårig langtidsplan for forsking og høgre utdanning hausten 2014. Planen skal leggje føringar på investeringar i forsking og høgre utdanning og vere eit verktøy for å spisse innsatsen på område der Noreg har strategiske fortrinn, eller for å dekkje framtidige behov for kunnskap på viktige område. Samtidig skal langtidsplanen ha rom for nytenkjande og grenseoverskridande forsking som kan gi oss ny kunnskap på lang sikt. Regjeringa vil leggje vekt på at relevante aktørar innanfor forsking og høgre utdanning, frå næringslivet, forskingsinstitutta, universitet og høgskolar og offentleg sektor skal få komme med innspel til arbeidet.

Koordinering av forskingspolitikken

Kunnskapsdepartementet har eit overordna ansvar for å koordinere forskingspolitikken til regjeringa. Det er behov for å styrkje koordineringa av forskingspolitikken som følgje av auka internasjonalisering og av at forskinga har vorte meir sektorovergripande. Løyvingane frå Kunnskapsdepartementet til Forskingsrådet over kap. 285 post 53 Overordna forskingspolitiske prioriteringar og post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse, er viktige verkemiddel for koordinering av forskingspolitikken. Vidare er Kunnskapsdepartementet i gang med å følgje opp fleire av dei konkrete tiltaka i forvaltningsrevisjonen frå Riksrevisjonen, mellom anna å vidareutvikle mål- og resultatstyringssystemet for Forskingsrådet, arbeide med ein strategi for forskingssamarbeidet med EU for å sikre tydelege mål og prioriteringar og sjå på mandatet til departementa sitt forskingsutval (DFU).

Europeisk forskingssamarbeid

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 527, 10. juni 2013 i samband med handsaminga av Innst. 372 S (2012–2013), jf. Meld. St. 18 (2012–2013):

«Stortinget ber regjeringen bidra til ytterligere internasjonalisering av norsk forskning gjennom tilknytning til det europeiske forskningsområdet ERA, full deltakelse i Horizon 2020 og utvikling av programsamarbeid med ledende forskningsnasjoner.»

Det største verkemiddelet for internasjonalisering av forskinga er deltaking i dei europeiske forskingsprogramma, særleg EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar. Frå 2014 startar ein ny programperiode. Da blir rammeprogramma for forsking og innovasjon eitt program, Horisont 2020. Regjeringa har varsla at Noreg tek sikte på å delta i det nye programmet som fullverdig medlem. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med forslag til ei slik beslutning. Budsjettet for Horisont 2020 er ikkje endeleg vedteke i EU, men programmet ligg an til å bli på om lag 77 mrd. euro i laupande prisar. Det samla budsjettet for det sjuande rammeprogrammet er på om lag 50,5 mrd. euro.

Noregs bidrag til rammeprogramma blir rekna ut etter mellom anna størrelsen på BNP i Noreg og EU. Det er derfor usikkert kva Noregs totale bidrag til Horisont 2020 i programperioden vil bli, og korleis bidraget vil fordele seg gjennom programperioden. Dersom dagens BNP og valutakurs blir lagde til grunn, kan Noreg rekne med at det totale bidraget blir på mellom 17 og 18 mrd. kroner i laupande prisar. Foreløpige anslag viser at Noregs bidrag i 2014 vil vere om lag 360 mill. kroner.

STIM-EU er ei ordning som er retta mot å styrkje deltakinga frå forskingsinstitutta i det sjuande rammeprogrammet. STIM-EU går direkte til institutta som får midlar frå EU og gir ekstra utteljing for institutt som involverer norsk næringsliv. Det blir framleis igangsatt nye prosjekt etter dei siste utlysingane i det sjuande rammeprogrammet i 2013. Minst 35 mill. kroner skal nyttast i 2014 til STIM-EU og til å etablere gode mekanismar for å mobilisere institutta til å delta i Horisont 2020.

Open arena for unge forskartalent

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 526, 10. juni 2013 i samband med handsaminga av Innst. 372 S (2012–2013), jf. Meld. St. 18 (2012–2013):

«Stortinget ber regjeringen stimulere til økt konkurranse for å bidra til høyere kvalitet i norsk forskning, herunder styrke Forskningsrådets åpne programmer, særlig innen grunnforskning.»

Evalueringa av Fri prosjektstøtte frå 2012 viser at verkemiddelet støttar forsking av høg kvalitet, men lykkast dårlegare med å støtte risikofylde prosjekt på nye område og unge forskarar. Dei unge forskartalenta når ofte ikkje opp i konkurranse med seniorforskarar med mange publikasjonar på merittlista. Regjeringa vil derfor styrkje Fri prosjektstøtte med 50 mill. kroner i 2014, øyremerkte for forskarar som er tidleg i karrieren. Med denne satsinga svarer regjeringa på initiativet frå Forskingsrådet og universiteta, som har foreslått Fellesløftet 2 retta mot unge forskartalent. Fellesløftet 2 inneber at dersom staten bidrar med 50 mill. kroner årleg i tre år, har universiteta lova å bidra med ein tilsvarande sum av eigne midlar, slik at den totale satsinga blir 300 mill. kroner over tre år. Totalt skal Forskingsrådet bruke minst 687 mill. kroner på Fri prosjektstøtte i 2014. I tillegg vil det i 2014 gå 150 mill. kroner til Fri prosjektstøtte frå universiteta, gjennom Fellesløftet 1 og 2. For nærmare omtale, sjå kap. 285 post 52.

Gåveforsterking

Regjeringa foreslår å innføre ei ny gåveforsterkingsordning for å stimulere til fleire private gåver til forsking, jf. omtale i Meld. St. 18 (2012–2013). Ordninga inneber at staten yter eit tillegg på 25 pst. av gåvebeløpet ved private gåver til Noregs forskingsråd, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo og universitet eller høgskolar med rett til å dele ut doktorgrad. Midlane skal nyttast til å støtte opp om langsiktig, grunnleggjande forsking ved institusjonane. Regjeringa foreslår å øyremerkje 50 mill. kroner til gåveforsterkingsordninga i 2014. For nærmare omtale, sjå kap. 285 post 53.

Vitskapsakademia

Departementet ønskjer å støtte opp om Det Norske Videnskaps-Akademi sitt internasjonale arbeid med Kavliprisen, og foreslår derfor ein auke i løyvinga til DNVA på 2 mill. kroner. Auken skal òg nyttast i arbeidet med å etablere eit vitskapsakademi for unge forskartalent, Ungt Akademi. Ungt Akademi vil mellom anna ha som formål å bidra til tverrfagleg utveksling, til at unge dyktige forskarar kan påverke forskingspolitikken, og til å gi unge forskarar ei stemme i offentlegheita.

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i Trondheim har i dei seinaste åra utvida si faglege verksemd og sitt samarbeid med andre aktørar i samfunnet. DKNVS driv òg eit utstrekt formidlingsarbeid, mellom anna Gunnerusforelesningene og fomidlingsprogrammet Kunnskapsbyen. Departementet vil auke løyvinga til DKNVS med 2 mill. kroner slik at Selskabet kan styrkje sitt faglege arbeid.

Basisfinansiering av forskingsinstitutta

Regjeringa har på bakgrunn av evalueringa av ordninga med statleg basisfinansiering av forskingsinstitutta revidert retningslinjene for ordninga. Finansieringssystemet er forenkla. Tre av indikatorane (forskingsrådsinntekter, bistillingar og relevansvekt) er tekne ut. Indikatorane for vitskapleg publisering, nasjonale oppdragsinntekter og internasjonale inntekter blir førte vidare og skal stimulere institutta til kvalitet, relevans, utdanning på doktorgradsnivå og internasjonalisering. Ordninga med strategiske instituttsatsingar er halden oppe for miljø- og primærnæringsinstitutta. Regjeringa har òg etablert klarare prosedyrar for å komme inn i eller gå ut av ordninga med statleg basisløyving. Regjeringa forventar at Forskingsrådet utviklar ei tydelegare strategisk rolle overfor institutta, jf. Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 171, 16. februar 2010 i samband med handsaminga av Innst. 135 S (2009–2010), jf. Dokument 8:7 S (2009–2010):

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag som på egnet måte tydeliggjør den akademiske frihet for forskere ved institusjoner som ikke omfattes av universitets- og høyskoleloven.»

Oppmodningsvedtaket er følgt opp på ulike måtar, sjå omtale i budsjettproposisjonen for 2013. Den akademiske fridommen er no også gjord tydeleg i dei reviderte retningslinjene for forskingsinstitutta. Der er det presisert at institutta må leggje til rette for at prinsippa om akademisk fridom skal gjelde for all offentleg finansiert forsking som blir utført av forskarar tilsette ved institutta, så framt det ikkje kjem i konflikt med styringsretten til arbeidsgivaren. Forskarane skal ha fridom til å stille spørsmål, størst mogleg fridom til å uttale seg offentleg om forskinga si og fridom til å velje metode og materiale for forskings- og utviklingsarbeidet sitt innanfor dei rammene som følgjer av tilsetjingsforholdet. Forskarar tilsette ved institutta skal som hovudregel ha rett til å offentleggjere resultata sine og skal sørgje for at offentleggjering skjer når oppdraget er offentleg finansiert.

Oppfølging av evalueringa av Noregs forskingsråd

Evalueringa av Noregs forskingsråd (Technopolis 2012), teiknar i hovudsak eit positivt bilete av norsk forsking. Samstundes peiker evalueringa på utviklingstrekk vi må vere merksame på. Norske forskingsresultat held jamt over eit godt nivå, men det er få felt der Noreg er verdsleiande. Forskingsrådet bør derfor leggje enda større vekt på kvalitet framover. Evalueringa stiller òg spørsmålet om norsk forsking og næringsliv har tilstrekkeleg evne til fornying.

Regjeringa har i forskingsmeldinga gitt uttrykk for klare forventningar til Forskingsrådet. Regjeringa har særleg peikt på utfordringane knytte til Forskingsrådets rolle som endringsagent i det norske forskingssystemet. Arbeidet med auka kvalitet og fornying, rådgiving, internasjonalt samarbeid og tydelegare profilering av forskingsmiljøa blir viktige område framover. Forskingsrådet arbeider systematisk med å følgje opp forventningane i forskingsmeldinga og dei konkrete punkta i evalueringa. Departementet følgjer opp gjennom styringsdialogen med Noregs forskingsråd.

Styrking av Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane og Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking (Granskingsutvalet) utgjer saman med det felles sekretariatet forvaltningsorganet Dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Dei nasjonale forskingsetiske komiteane skal bidra til at forsking i offentleg og privat regi skjer i samsvar med anerkjende etiske normer. Regjeringa prioriterer arbeidet med forskingsetikk høgt, og departementet foreslår ei styrking av budsjettet frå 2014, jf. omtale på kap. 284 post 01.

Kap. 283 Meteorologiformål

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

50

Meteorologisk institutt

270 030

280 801

290 629

72

Internasjonale samarbeidsprosjekt

52 416

55 662

55 991

Sum kap. 0283

322 446

336 463

346 620

Post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt er den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Oppgåvene til Meteorologisk institutt er mellom anna å varsle vêret, studere klimaet, drive forskings- og utviklingsarbeid og formidle resultata av arbeidet. Varsling av ekstreme vêrtilhøve og dermed sikring av liv og verdiar har aller høgste prioritet. Meteorologisk institutt har òg andre viktige beredskapsoppgåver, mellom anna varsling ved atomulykker som gir utslepp til luft eller hav. Meteorologisk institutt har såleis ein samfunnskritisk funksjon.

Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile landet og i Arktis. Instituttet har folk i arbeid på Jan Mayen, Bjørnøya, Hopen og Svalbard. Den aukande aktiviteten i nordområda krev gode vêrmeldingar. Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.

Mål for 2014

Meteorologisk institutt skal i 2014

  • auke kvaliteten på varsla for vêr, hav og miljø

  • utvikle vidare observasjonssystemet sitt for vêrvarslings- og klimaformål

  • utføre forsking av høg kvalitet for å betre den offentlege meteorologiske tenesta

  • betre kunnskapen om klimaet i Noreg no, og om klimautviklinga i fortid og framtid

  • vere påliteleg, tilgjengeleg og relevant i all kommunikasjon

  • utvikle organisasjonen og leiinga for å styrkje leiarkulturen, samhandlinga og gjennomføringsevna

Rapport for 2012

Departementet er nøgd med måloppnåinga til Meteorologisk institutt i 2012.

Meteorologisk institutt auka kvaliteten på vêrvarsla i 2012 og kan til dømes dokumentere høgre kvalitet på modellberekna nedbør- og temperaturvarsel. Vindvarsla på nettportalen Yr er òg betra i 2012.

Ein viktig føresetnad for auka kvalitet på vêrvarsla og effektivitet i forskinga er tilgang på tungreknemaskinar. Den nye tungreknemaskinen ved instituttet kom på plass mot slutten av 2012, og vil monaleg auke reknekrafta til instituttet. Dette inneber at instituttet kan innføre og ta i bruk større og meir komplekse varslingsmodellar.

Instituttet arbeider målretta med å sikre stabil drift av IT-systema og modellane som dei nyttar til å produsere vêrvarsla. Dette har gitt god regularitet i 2012. Utfordringar knytte til innføringa av den nye tungreknemaskinen ved instituttet og bruk av ei mellombels løysing i delar av 2012 førte til eit mindre regularitetsavvik på ein av varslingsmodellane i 2012. Desse tungrekneproblema er nå løyste.

Meteorologisk institutt arbeider framleis målretta og systematisk med å forbetre kriseplanverket, organiseringa av beredskapsarbeidet og beredskapsrutinane. Instituttet har òg lagt ned mykje arbeid i samband med informasjonstryggleik. I 2011 tok instituttet i bruk det nye databygget Tallhall, og dei har no starta opp arbeidet med ferdigstillinga av enda eit datasenter (datasenter B) i databygget Tallhall.

For å avgjere kvaliteten på flyvêrvarsla er det innført eit poengsystem som kan gi eit landingsvarsel inntil 10 poeng. Resultatet for 2012 er 9,6. Dette er same resultat som i 2011 og syner at instituttet held eit stabilt og høgt nivå.

Observasjonsinnsamlinga fyller i hovudsak dei måla som er sette for instituttet. Arbeidet med å byggje ut og halde ved like observasjonssystemet gjekk som planlagt i 2012. Ny radar i Aust-Finnmark på Varangerhalvøya vart sett i drift hausten 2012.

Meteorologisk institutt har utført forsking av høg kvalitet som har betra den meteorologiske tenesta. Instituttet har til dømes utvikla og teke i bruk ein ny havmodell. Berekning av bølgjer, straum og vasstand blir no gjort i fin skala for heile kysten. Dette gir eit betre grunnlag for varsling langs heile kysten og i Arktis.

Instituttet retta merksemd mot nordområda òg i 2012. Instituttet har levert verdfulle bidrag inn i BarentsWatch, som er eit heilskapleg overvakings- og informasjonssystem for dei nordlege havområda. Systemet bind saman norske delsystem for overvaking og varsling slik at ein får eitt integrert system. Hausten 2012 starta Meteorologisk institutt til dømes med eit nytt system for varsling av polare lågtrykk som gir sikrare varsel av farleg vêr i nordområda. Varsla er ein del av nordområdesatsinga til instituttet, og blir utvikla i samarbeid med BarentsWatch.

Meteorologisk institutt har gjort mykje for å forsyne viktige brukargrupper og samfunnet generelt med klimadata. Vidare vart Klimasenteret starta opp i 2012; det er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, NVE og Bjerknessenteret/UniResearch i Bergen.

Kompetansen på luftforureining gav instituttet plass i Etatsgruppe Vulkansk Aske, eit kriseteam som trer saman i Noreg ved monalege vulkanutslepp eller ved atomutslepp. Etatsgruppa består av Luftfartstilsynet, Avinor, Samferdselsdepartementet, Norsk institutt for luftforskning og Meteorologisk institutt.

Meteorologisk institutt har òg jobba med å utvikle nettstaden Halo. Halo skal bli det nye systemet for å levere vêrtenester til statlege samarbeidspartnarar og etatar, og skal erstatte Kilden, det noverande systemet. Via Halo vil samarbeidspartnarane få spesialtilpassa informasjon og meir avanserte produkt enn dei som finst på yr.no.

Vêrportalen yr.no sørgjer for spreiing av vêrvarsel til allmenta, og er instituttets hovudkanal ut til folket. Besøket på yr.no stig stadig, og i 2012 vart det sett ny rekord ei av vekene i juli med 4,59 millionar unike brukarar. Den jamne bruken aukar år for år. Mellom 25 og 30 pst. av brukarmassen kjem frå Sverige. Rundt 25 pst. av brukarane kjem frå resten av verda. Yr.no er tilgjengeleg på pc og alle dei store mobiltelefonoperativsystema. Meteorologisk institutt vart for sjuande året på rad kåra til den statsetaten som har best omdømme i Noreg.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Mål for 2014

Målet med ordninga er å medverke til at Meteorologisk institutt kan ta del i internasjonale meteorologiske organisasjonar og prosjekt, og på den måten utvikle og forbetre dei meteorologiske tenestene i Noreg. Mellom anna skjer det mykje internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar. Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Eventuelle overskott av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til eit fond, Working Capital FUND (WCF). Fondet er heimla i EUMETSATs statuttar og består av akkumulert budsjettoverskott

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, ECOMET, EuroGOOS, IUGG og HIRLAM)

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

Rapport for 2012

Det internasjonale meteorologiske samarbeidet i EUMETSAT, ECMWF og EUMETNET har òg i 2012 vore prega av den vanskelege økonomiske situasjonen for fleire av medlemslanda. På grunn av dette har det vore utfordrande å starte nye samarbeidsaktivitetar innanfor desse organisasjonane.

EUMETSAT skaut opp to meteorologiske satellittar i 2012; ein geostasjonær satellitt og ein polarbanesatellitt. Begge oppskytingane var vellykka. Begge dei nye satellittane hadde prøvedrift i 2012 og vil bli sette i vanleg operasjonell drift i løpet av 2013. Når desse satellittane blir sette i drift, vil EUMETSAT operere fire geostasjonære satellittar og to polarbanesatellittar. Dei eldste av desse satellittane nærmar seg slutten av levetida si. Data frå satellittane blir utnytta i dei numeriske prognosemodellane, slik at kvaliteten på vêrvarsla blir stadig betre.

Polarbanesatellittane er viktige for kvaliteten av vêrvarslinga i Noreg. Eit nytt polarbanesatellittprogram (EPS-SG) skal vedtakast i 2014. Programmet skal sørgje for nye satellittar frå 2020. På grunn av finanskrisa vart det vanskeleg å få vedteke forprogrammet EPS-SG. Forprogrammet vart likevel vedteke på slutten av 2012, med ei særskild betalingsordning for Hellas.

Ved ECMWF flata framgangen i prognosekvaliteten noko ut i 2012. ECMWF leverer likevel dei klart beste langtidsvarsla i verda. Syklonen «Sandy», som ramma New York og New Jersey hardt i slutten av oktober 2012, vart svært godt varsla og klart betre varsla enn med USA sine eigne prognosar.

EUMETNET driv felles program innanfor det europeiske meteorologiske observasjonssystemet. Siktemåla er særleg å dekkje geografiske område som elles ville hatt svært få observasjonar, og å ta i bruk moderne metodar for observasjon. I tillegg er det samarbeid innanfor numerisk varsel for vêr og varsling av ekstremvêr.

ECOMET sørgjer for at observasjonane og dei numeriske prognosane frå dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa er tilgjengelege for private kommersielle aktørar, og for at den kommersielle aktiviteten i dei nasjonale meteorologiske institutta oppfyller konkurranselovgivinga.

WMO sørgjer for global utveksling av meteorologiske observasjonar i nær sanntid mellom dei 190 medlemslanda sine. Vitskaplege nyvinningar innanfor varsling av vêr blir òg i stor grad gjorde tilgjengelege for alle verdas meteorologiske institutt gjennom WMO. WMO starta i 2012 ei ny satsing spesielt retta mot å utnytte sesongvarsling og klimaprognosar betre i u-land som er sårbare for tørke og flaum (Global Framework for Climate Services). Noreg har gjennom Utanriksdepartementet bidratt med 10 mill. USD til denne satsinga.

Budsjettforslag for 2014

Storleiken på løyvinga er avhengig av svingingar i valutakursane og aktivitetsnivået i dei ulike organisasjonane. Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på om lag same nivå som i 2013.

Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

16 300

17 236

Sum kap. 0284

16 300

17 236

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) vart omdanna til eit ordinært forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet frå 1. januar 2013.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld drift av Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK), og dekkjer arbeidet i Nasjonal forskingsetisk komité for medisin og helsefag, Nasjonal forskingsetisk komité for samfunnsvitskap og humaniora, Nasjonal forskingsetisk komité for naturvitskap og teknologi, Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking (Granskingsutvalet) og det felles sekretariatet. Patentnemnda og Skjelettutvalet ligg også til FEK.

Dei tre nasjonale etikkomiteane, Granskingsutvalet og Patentnemnda blir oppnemnde av Kunnskapsdepartementet for fire år om gongen. Skjelettutvalet blir oppnemnd av Nasjonal forskingsetisk komité for samfunnsvitskap og humaniora, også for fire år om gongen.

Mål for 2014

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) er ein viktig del av det norske forskingssystemet, og skal fremme god og etisk forsvarleg forsking. Gjennom førebyggjande arbeid og i tillegg gransking av enkeltsaker om mogleg ureieleg forsking skal FEK bidra til at forsking i offentleg og privat regi skjer i samsvar med anerkjende etiske normer. Komiteane og utvala er fagleg uavhengige organ som har sine oppgåver fastsette i forskingsetikklova. FEK skal arbeide for god ressursbruk og høg kvalitet i verksemda si, mellom anna gjennom god arbeidsdeling og samarbeid mellom komiteane og mellom komiteane og sekretariatet.

Mål for Dei nasjonale forskingsetiske komiteane:

  • FEK skal vere ein sentral kunnskapsformidlar overfor forskarar, forskarinstitusjonar og allmenta om forskingsetiske spørsmål og ein pådrivar for debatt på området.

  • FEK har ansvaret for at dei forskingsetiske retningslinjene til kvar ei tid er gode verktøy for å fremme god og etisk forsvarleg forsking.

  • FEK skal styrkje samarbeidet med dei forskingsutførande institusjonane.

  • FEK skal behandle og gjere vedtak i enkeltsaker med høg kvalitet og innan rimeleg tid.

Budsjettforslag for 2014

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane har fått større arbeidsmengd, og det er særleg trong for større utgreiingskapasitet i sekretariatet. Departementet foreslår derfor ei nominell auke av driftsbudsjettet på om lag 1 mill. kroner for 2014. Vidare er det rammeoverført 299 000 kroner til Finansdepartementet til dekning av kostnadene til lønns- og rekneskapsoppgåver som blir utførte av Direktoratet for økonomistyring.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

52

Forskingsformål

1 274 025

1 311 868

1 394 725

53

Overordna forskingspolitiske prioriteringar

867 573

897 203

978 605

54

Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

280 000

289 240

299 363

55

Administrasjon

266 505

275 300

278 936

Sum kap. 0285

2 688 103

2 773 611

2 951 629

Forskingsrådet skal gjennom ulike verkemiddel sikre forsking av høg kvalitet og relevans. Forskingsrådet har ei sentral rolle som forskingspolitisk rådgivar og har òg ein viktig møteplassfunksjon. Noregs forskingsråd er det viktigaste verkemiddelet regjeringa har for å sikre gjennomføringa av forskingspolitikken.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for Forskingsrådet er å sikre kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført, gjennom å nytte nasjonal konkurranse i fordelinga av forskingsmidlar. Kvaliteten blir sikra ved at søknadene blir vurderte av internasjonale fagfellar. Berre dei prosjekta som får best vurdering, blir tildelte støtte. Forskingsrådet har vidare ei viktig rolle i å sjå ulike forskingsområde i samanheng, mellom anna ved å knyte saman anvend forsking og grunnforsking.

Forskingsrådet vart i 2013 tildelt om lag 7,3 mrd. kroner i FoU-løyvingar over budsjetta til 17 departement. Ei oversikt i FoU-løyvingar over dei største tildelingane til Forskingsrådet frå andre departement i 2013 og 2014 er presentert i del III, kap. 5. I tillegg til midlane over kap. 285 tildeler Kunnskapsdepartementet midlar til Forskingsrådet til basisfinansiering av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta over kap. 287 post 57, og til forskingsprogrammet om forsking og innovasjon over kap. 287 post 21. Løyvingane til utdanningsforsking over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er omtalte under kap. 226 post 21, kap. 231 postane 21 og 51 og kap. 258 post 21. Særskilde satsingar retta mot universitets- og høgskolesektoren er omtalte under kap. 281 post 50.

Mål for 2014

Dei forskingspolitiske måla i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, jf. Innst. S. nr. 354 (2008–2009), blir førte vidare av regjeringa i Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter, jf. Innst. 372 S (2012–2013). For å medverke til ei koordinert styring av verksemda til Forskingsrådet er det utvikla eit felles mål- og resultatstyringssystem for tildelingane til Forskingsrådet frå departementa. Det overordna målet for Noregs forskingsråd er å medverke til at Noreg utviklar seg som kunnskapssamfunn, at Noreg skal vere blant dei fremste når det gjeld å utvikle, dele og ta i bruk ny kunnskap, og at forskinga skal skaffe kunnskap som kan medverke til auka verdiskaping og velferd, svare på samfunnsutfordringane og utvide grensene for erkjenninga. Med utgangspunkt i dette overordna målet er det sett tre hovudmål:

  • Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet.

  • God ressursutnytting og formålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet.

  • Resultata av forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet.

Kunnskapsdepartementet har starta eit prosjekt for å vidareutvikle mål- og resultatsstyringssystemet for Forskingsrådet. Prosjektet vil involvere Forskingsrådet og alle departementa med løyvingar til rådet. Målet er å ha det nye systemet ferdig til bruk i budsjettåret 2015.

Løyvinga til Noregs forskingsråd over kap. 285 blir gitt over fire postar som synleggjer politiske prioriteringar. Kap. 285 post 52 skal særleg finansiere tiltak som fremmer kvalitet uavhengig av fagområde, og særskilt følgje opp det ansvaret som Kunnskapsdepartementet har for finansiering av grunnforsking. Løyvinga over kap. 285 post 53 finansierer overordna forskingspolitiske prioriteringar på tvers av sektorar, og løyvinga over kap. 285 post 54 finansierer forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse. Delar av administrasjonsutgiftene til Noregs forskingsråd blir finansierte over ein eigen post, kap. 285 post 55.

Rapport for 2012

Mål for tilskotta til Noregs forskingsråd

Dei tre hovudmåla som er nemnde ovanfor, gjaldt òg for tildelingane frå Kunnskapsdepartementet til Noregs forskingsråd på postane 52, 53 og 54 i 2012.

Overordna vurdering av måloppnåinga

Tildelingane til Noregs forskingsråd frå Kunnskapsdepartementet skal gjere Forskingsrådet i stand til å setje i verk tiltak for å nå dei forskingspolitiske måla. Eit viktig grunnlag for å vurdere graden av måloppnåing er evalueringar. I 2012 vart evalueringa av Noregs forskingsråd lagd fram (Technopolis 2012). Den overordna konklusjonen er at Forskingsrådet fungerer godt, og at Forskingsrådet er svært viktig for det norske forskings- og innovasjonssystemet. Forskingsrådet har etablert effektive og gode prosedyrar for sakshandsaming. Evalueringa tilrår at Forskingsrådet legg sterkare vekt på kvalitet og fornying framover. Regjeringa har følgt opp evalueringa i den siste forskingsmeldinga, Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter. Her peiker regjeringa på at Forskingsrådet skal vidareutvikle verkemidla og arbeidsmåtane for å styrkje kvalitet og fornying. Regjeringa vil òg at rådet skal vere ein endringsagent i det norske forskingssystemet.

Evalueringa seier at Forskingsrådet bør systematisere arbeidet med evalueringar og leggje større vekt på effektane av innsatsen. Forskingsrådet har derfor utarbeidd ein strategi for evalueringar som legg vekt på auka systematikk, ein meir strategisk arbeidsmåte og betra evalueringspraksis. Forskingsrådet har i 2012 gjennomført fleire fagevalueringar, og det har òg vore gjennomført evalueringar av einskilde program. Evalueringane viser at kvaliteten på dei fagfelta og programma som er evaluerte, er god, og at programma i stor grad når måla sine. Men evalueringane peiker òg på utfordringar knytte til mellom anna behov for større merksemd på entreprenørskap og å omsetje forsking i innovasjon. Evalueringane er eit viktig kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling av programma og aktiviteten i Forskingsrådet.

Kunnskapsdepartementet finansierer ei rekkje program og aktivitetar i Noregs forskingsråd. Innrettinga og dimensjoneringa av dei ulike verkemidla er avgjerande for å nå dei forskingspolitiske måla. Løyvingane frå Kunnskapsdepartementet skal sikre både finansiering av grunnforsking, finansiering av program og aktivitetar som er sentrale for eit velfungerande forskingssystem, og tiltak som går på tvers av sektorar. Det største enkeltverkemiddelet som blir finansiert av løyvinga over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, er Fri prosjektstøtte (FRIPRO). I 2012 utgjorde FRIPRO 24 pst. av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet. I tillegg finansierer løyvinga over kap. 285 sentersatsingane, forskingsinfrastruktur og verkemiddelet Store program. Figuren nedanfor viser korleis løyvingane over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er fordelte på ulike verkemiddel. Figuren viser samanhengen mellom korleis løyvingane over budsjettet til Kunnskapsdepartementet blir nytta, og det særskilde ansvaret departementet har for grunnforsking og tiltak som er knytte til heile forskingssystemet.

Figur 4.21 Fordeling av midlane Noregs forskingsråd blir tildelte frå Kunnskapsdepartementet, etter verkemiddel (2012)

Figur 4.21 Fordeling av midlane Noregs forskingsråd blir tildelte frå Kunnskapsdepartementet, etter verkemiddel (2012)

I kategorien «anna» ligg mellom anna nettverkstiltak, internasjonal prosjektstøtte, formidlingsaktiviteter mv.

Internasjonalisering er ein innarbeidd del av verksemda til Forskingsrådet. Den internasjonale innsatsen skal vere integrert i alle programma og aktivitetane i Forskingsrådet. Det blir òg lagt vekt på internasjonalt samarbeid og mobilitet i handsaminga av søknadene. Tala frå Forskingsrådet viser som nemnt over at totalinnsatsen på internasjonalisering i Forskingsrådet har auka i dei seinare åra.

Vurdering av korleis løyvingane over kap. 285 bidrar til å nå måla til Forskingsrådet

Kunnskapsdepartementet finansierer ei rekkje program og tiltak i Forskingsrådet som skal bidra til å nå måla til Forskingsrådet. Fleire av dei ulike programma og tiltaka som er nærmare omtalte under, bidrar til måloppnåing på eitt eller fleire av måla.

Fri prosjektstøtte

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er ein open, nasjonal konkurransearena der søknadene blir vurderte ut frå vitskapleg kvalitet. Formålet med FRIPRO er å få fram forsking av høg vitskapleg kvalitet uavhengig av fagområde og disiplinar. Verkemiddelet støttar såleis hovudsakleg opp under mål 1: auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet. Ordninga finansierer forskarprosjekt, postdoktorstipend, utanlandsopphald og arrangement og er i heilskap finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. I 2012 vart løyvinga styrkt med 100 mill. kroner. Auken var ein del av Fellesløftet, der Kunnskapsdepartementet og universiteta til saman har bidratt med 200 mill. kroner per år i tre år. Dette har ført til ein vekst i tildelingsprosenten frå ni pst. i 2011 til 15 pst. i 2012.

Evalueringa av FRIPRO, som vart lagd fram i 2012, konkluderer med at FRIPRO er eit godt verkemiddel for å støtte forsking av høg kvalitet. Ordninga har ein positiv innverknad på rekruttering, karriereutvikling, internasjonalt samarbeid og kjønnsbalanse i forskinga. Evalueringa tilrår likevel at Forskingsrådet ser på korleis ordninga i større grad kan støtte opp om risikofylte prosjekt på nye område. I 2012 har Forskingsrådet følgt opp evalueringa, mellom anna ved å opprette ein ny søknadstype, «Unge forskartalent», og ved å leggje vekt på dristigheit og fornying som eit eige vurderingskriterium i større grad.

Store program

Store program er eit av Forskingsrådets programverkemiddel og bidrar til å gjennomføre nasjonale forskingspolitiske prioriteringar og til utviklinga av eit velfungerande forskingssystem. Dei store programma skal byggje langsiktig kunnskap for å stimulere til innovasjon og auka verdiskaping, eller medverke til å løyse prioriterte samfunnsutfordringar. Både grunnleggjande, handlingsretta og anvend forsking inngår i dei store programma. Gjennom fagleg tyngd og samspel mellom ulike fag og aktørar er dette verkemiddelet retta mot målet om auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking. Dei store programma skal òg ha ei sterk internasjonal orientering. I 2012 var det sju store program: HAVBRUK, NORKLIMA, VERDIKT, BIOTEK2021, NANO2021, RENERGI og PETROMAKS. Det samla budsjettet for dei store programma var 1,3 mrd. kroner i 2012, noko som tilsvarte 18 pst. av Forskingsrådets totalbudsjett. Alle dei sju store programma vart delfinansierte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, medan den resterande finansieringa kom over budsjettet til dei ulike fagdepartementa. Kunnskapsdepartementets del utgjorde i 2012 23 pst.

Målet med det store programmet HAVBRUK er å utvikle kunnskap på internasjonalt nivå for å bidra til økonomisk, miljømessig og sosialt berekraftig vekst i norsk havbruk. Programmet blir avslutta i 2015. Klimaendringer og konsekvenser for Norge (NORKLIMA) starta opp i 2004 og blir avslutta i 2013. Programmet har mellom anna finansiert prosjekt knytte til atmosfæren, hav og havis, økosystempåverknad og klimascenario. VERDIKT er Forskingsrådets store program for IKT. Programmet bidrar til auka kompetanse og verdiskaping innanfor områda sosiale nettverk, mobilt Internett og tingenes Internett. VERDIKT er i siste fase av programperioden og blir avslutta i 2014. BIOTEK2021 erstatta det store programmet Funksjonell genomforskning (FUGE), som vart avslutta i 2011. Programmet bidrar til implementeringa av den nasjonale strategien for bioteknologi, som regjeringa lanserte i 2011. BIOTEK2021 skal frambringe bioteknologi som bidrar til verdiskaping og næringsutvikling knytte til å løyse store samfunnsutfordringar på ein ansvarleg måte. NANO2021 erstatta det store programmet NANOMAT, som vart avslutta i 2011. Programmet er sentralt i oppfølginga av regjeringas FoU-strategi for nanoteknologi. Formålet med programmet er å utvikle framifrå kunnskap og berekraftige løysingar som møter samfunnets og næringslivets behov, basert på nanoteknologi og avanserte materialar.

RENERGI og PETROMAKS vart avslutta i 2012. RENERGI har vore Forskingsrådets store program innanfor framtidas reine energisystem. I programperioden har RENERGI støtta om lag 500 prosjekt innanfor miljøvennleg energi med til saman 2 mrd. kroner. To eksterne evalueringar av RENERGI stadfestar at programmet har lykkast med å gi norske forskingsmiljø eit lyft. Programmet har mobilisert aktørane og bidratt med kompetanse og nettverksbygging. Til dømes har Noreg i løpet av programperioden vorte leiande på flytande vindinstallasjoner. RENERGI blir erstatta av det store programmet ENERGIX frå 2013. Program for optimal utnytting av Noregs petroleumsressursar (PETROMAKS) har gitt petroleumsforskinga eit lyft og vore ein bidragsytar til rekruttering og utdanning i forskingsmiljøa. PETROMAKS har fungert som ein viktig støttespelar og katalysator for verksemder som har ønskt å utvikle ny og banebrytande teknologi. Evalueringane av programmet syner at programmet har utløyst forskingsaktivitet som elles ikkje ville ha vorte gjennomført. Med tildeling frå PETROMAKS er det mellom anna bygt opp eit senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) innanfor borings- og brønnteknologi som blir rekna som verdsleiande. PETROMAKS blir frå 2013 erstatta av det store programmet PETROMAKS 2.

Grunnforskingsprogram

Forskingsrådets grunnforskingsprogram skal sikre kompetanse og fagleg fornying innanfor prioriterte fagområde. Programma skal få fram grunnleggjande kunnskap for å møte kjende utfordringar og for å byggje opp kunnskap på område som kan bli viktige i framtida. Forskingsrådet foreslår kva slags program som skal etablerast, medan det faglege innhaldet blir planlagt i samarbeid med forskingsmiljøa og aktuelle brukarar.

I 2012 hadde Forskingsrådet 14 grunnforskingsprogram. Til saman var prosjektportefølja på 178 mill. kroner mot 174 mill. kroner i 2011. Kunnskapsdepartementet stod i 2012 for 78 pst. av løyvingane til grunnforskingsprogramma. Det største fagområdet er matematikk og naturvitskap (58 pst.). Deretter kjem humaniora (16 pst.) og samfunnsvitskap (14 pst.). Universiteta og høgskolane er hovudmottakarar av midlar frå grunnforskingsprogramma.

Handlingsretta program

Dei handlingsretta programma gir betre kunnskapsgrunnlag for politiske vedtak og for planlegging på forskjellige forvaltningsnivå. Kunnskapsdepartementet finansierer ei rekkje handlingsretta program saman med fleire andre departement. Dei største bidraga frå Kunnskapsdepartementet til handlingsretta program går til forskingsprogramma om biobankar og helsedata, polarforsking, årsaker til sjukefråvær og programmet om berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar. Tildelinga frå Kunnskapsdepartementet skal i særleg grad sikre rekruttering, internasjonalt samarbeid og bidra til grunnforsking innanfor dei handlingsretta programma.

Brukarstyrte innovasjonsprogram

Brukarstyrte innovasjonsprogram er retta direkte mot verksemder som vil utvikle si eiga bedrift eller næring, og der brukarane er i førarsetet. Programma blir delfinansierte av næringslivet.

Det er ei utfordring å utvikle eit meir kunnskapsbasert næringsliv. Den offentlege forskingsinnsatsen gjennom Noregs forskingsråd som er retta mot næringslivet, skal bidra til at føretaka styrkjer sin eigen forskingsinnsats, og i større grad kan dra nytte av den store mengda forskingsbasert kunnskap som blir utvikla globalt.

Kunnskapsdepartementet delfinansierer nokre av dei brukarstyrte programma. I 2012 finansierte løyvinga over budsjettet til Kunnskapsdepartementet 55 mill. kroner til dei brukarstyrte programma Brukarstyrt innovasjonsarena, Gassmaks og Matprogrammet. Nærings- og handelsdepartementet har den største tildelinga til brukarstyrte innovasjonsprogram.

Sentersatsingane

Sentersatsingane støttar opp under målet om auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet, men er òg relevante for målet om effektiv utnytting av ressursar og resultat. Sentra er særleg viktige for rekruttering og internasjonalisering av norsk forsking.

Ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF) er eit viktig verkemiddel for å styrkje kvaliteten i norsk forsking. Ordninga skal leggje til rette for at forskingsinstitusjonane kan utvikle forskingsmiljø i verdsklasse. Styrkt forskarrekruttering og auka internasjonalt samarbeid er ein sentral del av dette.

Etter den andre tildelinga til SFF i 2007 vart åtte nye senter starta, slik at det til saman var 21 senter fordelte på åtte vertsinstitusjonar i full drift. Fem av desse sentra var innanfor humaniora og samfunnsfag, seks innanfor biovitskapane og ti innanfor naturvitskap og teknologi. Dei åtte nye sentra frå 2007 vart evaluerte i 2011 og fekk gjennomgåande svært positive vurderingar. Forskingsrådet vedtok derfor å forlengje SFF-statusen til alle desse sentra for ein ny periode på fem år. Ved årsskiftet 2012–13 avslutta dei første tretten SFF-sentra si verksemd etter ti år. Same haust (2012) vart resultatet frå den tredje SFF-søknadsrunden kunngjort, og tretten nye senter vart peikte ut, innanfor område som til dømes medisin og helse, romforsking og marin teknologi. Blant dei nye sentra er fire senter i Oslo, tre i Bergen, fire i Trondheim, eitt i Ås og eitt i Tromsø. I 2012 hadde SFF-ordninga eit budsjett på om lag 250 mill. kroner frå Forskingsrådet. Heile ordninga vart finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Samla hadde sentra eit budsjett på om lag 1 mrd. kroner. I tillegg til støtte gjennom SFF-ordninga får sentra støtte frå vertsinstitusjonane, frå programsatsingane til Forskingsrådet og frå andre kjelder.

Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) har som formål å stimulere innovasjonsevna og internasjonaliseringa i norsk næringsliv ved å sikre langsiktig kompetansebygging gjennom samarbeid mellom toppforskingsmiljø og næringslivet. Ordninga skal òg bidra til å fremme kvalitet i offentleg sektor. Dei første 14 sentra starta opp i 2007, og ytterlegare sju senter vart etablerte i 2011. SFI-ordninga er i hovudsak finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet og fekk i 2012 ei løyving på om lag 200 mill. kroner. Totalbudsjettet for dei 21 sentra var på om lag 600 mill. kroner i 2012.

Dei 21 sentra spenner tematisk vidt, frå nye materiale og petroleumsteknologi til medisin og tenesteinnovasjon. Mange av sentra er tverrfaglege. I 2012 deltok heile 154 offentlege og private føretak i dei 21 sentra. Midtvegsevalueringa av dei første 14 sentra som kom i 2010, gav ordninga ei svært positiv samla vurdering. Forskingsrådet har hausten 2012 starta opp arbeidet med sikte på ein ny utlysingsrunde for SFI. Målet er at dei nye sentra skal starte opp i 2015. Dei nye sentra som er planlagde frå 2015, vil komme i staden for dei 14 som har vore i drift i perioden 2007–14.

Tildelinga frå Kunnskapsdepartementet til Forskingsrådet er òg med på å finansiere ordninga med Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) med totalt om lag 5 mill. kroner. Ordninga blir i hovudsak finansiert over Olje- og energidepartementets budsjett. FME-ordninga har til formål å etablere senter som gjennom langsiktig forskingsinnsats på høgt internasjonalt nivå skal bidra til å løyse utfordringar på energi- og miljøområdet. Det er åtte senter innanfor teknologisk energiforsking og tre innanfor samfunnsvitskapleg energiforsking.

Nasjonal satsing på infrastruktur

Nasjonal satsing på infrastruktur er ei ordning som finansierer forskingsinfrastruktur av nasjonal karakter. Nasjonale investeringar i forskingsinfrastruktur og norsk deltaking i internasjonalt samarbeid om forskingsinfrastruktur skal styrkje kvalitet og byggje opp under dei nasjonale forskingspolitiske prioriteringane. Satsinga skal òg bidra til å auke effektivitet i norsk forsking gjennom å sikre arbeidsdeling og tilgang til infrastruktur nasjonalt og internasjonalt. Satsinga er finansiert over kap. 285 post 54.

Forskingsrådet har fått i oppdrag å utvikle eit nasjonalt vegkart for forskingsinfrastruktur, Verktøy for forsking del I og del II. Vegkartet gjer store og nasjonalt viktige forskingsinfrastrukturar synlege og skal vere ein rettleiar for framtidige investeringar. Det nasjonale vegkartet blir oppdatert etter kvar tildeling frå den nasjonale satsinga på infrastruktur. Prosjekta som får finansiering, blir da kategoriserte på vegkartet som «under etablering» og etter kvart som «implementert og i drift». Det står no 32 prosjekt på vegkartet, der elleve prosjekt er investeringsklare, 17 er under etablering, og fire prosjekt er implementerte og i drift. Den nasjonale infrastruktursatsinga er godt integrert med det europeiske infrastruktursamarbeidet gjennom The European Strategy Forum on Research Infrastructure (ESFRI). Norske fagmiljø deltek aktivt i førebuingane av i alt 24 europeiske forskingsinfrastrukturar. Av desse ESFRI-prosjekta står 12 som eit tillegg til vegkartet, fordi Noreg enten har inngått forpliktande avtalar eller gitt tydelege signal om deltaking. Vegkartet vil bli oppdatert på nytt etter neste store tildeling frå den nasjonale infrastrukturordninga i oktober 2013.

Bygging og utvikling av nasjonal forskingsinfrastruktur må sjåast i samanheng med internasjonale prosjekt innanfor dei same tematiske områda. Ordninga for nasjonal satsing på infrastruktur finansierer derfor også dei nasjonale nodane (norske laboratorium, databasar, biobankar e.l.) som inngår i nordisk, europeisk eller annan internasjonal forskingsinfrastruktur, dersom kvaliteten på desse prosjekta blir vurdert til å vere god nok og dei vinn fram på den nasjonale konkurransearenaen. Ordninga medverkar til å skape ein kultur for samhandling og deling av forskingsinfrastrukturar. Alle dei store infrastrukturane som blir etablerte, har deltakarar frå fleire institusjonar og er i høg grad retta mot aktørar utanfor forskingsinstitusjonane. Ordninga har finansiert forskingsinfrastrukturar innanfor fleire nasjonalt prioriterte forskingsområde, som helse, bioteknologi, nanoteknologi, petroleumsteknologi, fornybar energi og hav/klima/miljø.

Post 52 Forskingsformål

Det er utarbeidd felles mål for løyvingane til Noregs forskingsråd på postane 52, 53 og 54, jf. kapittelomtalen til kap. 285. Oppdelinga av løyvinga til Forskingsrådet på ulike postar er uttrykk for prioriteringane til departementet innanfor dei overordna måla. Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar for grunnforsking. Løyvinga over kap. 285 post 52 skal i hovudsak finansiere grunnforsking på alle fagområde. Løyvinga finansierer mellom anna det meste av verkemiddelet Fri prosjektstøtte (FRIPRO).

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei løyving på 1 394,7 mill. kroner i 2014, mot 1 311,9 mill. kroner i 2013.

Regjeringa foreslår å styrkje Fri prosjektstøtte med 50 mill. kroner i 2014, øyremerkte unge forskartalent. Med denne satsinga svarer regjeringa på initiativet frå Forskingsrådet og universiteta, som har foreslått Fellesløftet 2 retta mot unge forskartalent. Fellesløftet 2 inneber at dersom staten bidrar med 50 mill. kroner årleg i tre år, har universiteta lova å bidra med ein tilsvarande sum av eigne midlar, slik at den totale satsinga blir 300 mill. kroner over tre år. Dette vil vere nok til om lag 40 unge forskarar totalt. Verkemiddelet skal bidra til å støtte forskarar som er tidleg i karrieren, og leggje til rette for finansiering av risikofylde prosjekt på nye område. I dag når dei unge forskartalenta ofte ikkje opp i konkurranse med seniorforskarar med mange publikasjonar på merittlista. Ordninga vil gi dei beste forskartalenta attraktive vilkår på eit tidleg stadium i karrieren, gi dei moglegheit til å prøve ut sine eigne idear og til sjølve å leie forskargrupper.

STIM-EU er ei ordning som er retta mot å styrkje deltakinga frå forskingsinstitutta i det sjuande rammeprogrammet. STIM-EU går direkte til institutta som får midlar frå EU og gir ekstra utteljing for institutt som involverer norske næringsliv. Innanfor løyvinga på posten skal minst 35 mill. kroner nyttast til STIM-EU og til å etablere gode mekanismar for å mobilisere institutta til å delta i Horisont 2020.

Programmet Praksisretta FoU i helse- og velferdstenestene fekk i 2013 ei tildeling på 7 mill. kroner over denne posten. Programmet er ei oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Sidan programmet er retta mot helse- og velferdstenester og dei universiteta og høgskolane som tilbyr utdanning for desse, foreslår departementet at midlane blir flytte til kap. 281 post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd. Som følgje av flyttinga foreslår departementet å redusere løyvinga med 7 mill. kroner i 2014 mot ein tilsvarande auke under kap. 281 post 50.

Post 53 Overordna forskingspolitiske prioriteringar

Det er utarbeidd felles mål for løyvingane til Noregs forskingsråd på postane 52, 53 og 54, jf. kapittelomtalen til kap. 285. Løyvinga over kap. 285 post 53 skal i hovudsak finansiere overordna forskingspolitiske prioriteringar på tvers av sektorar. Saman med løyvinga over kap. 285 post 54 er løyvinga ei vidareføring av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, som vart avvikla i statsbudsjettet for 2012.

Budsjettforslag for 2014

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 978,6 mill. kroner i 2014, mot 897,2 mill. kroner i 2013. Regjeringa foreslår å innføre ei ny gåveforsterkingsordning for å stimulere til fleire private gåver til forsking, jf. omtale i Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter. Ordninga inneber at staten yter eit tillegg på 25 pst. av gåvebeløpet ved private gåver til Noregs forskingsråd, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo, og universiteta eller høgskolar med rett til å dele ut doktorgrad. Midlane skal nyttast til å støtte opp om langsiktig, grunnleggjande forsking ved institusjonane. Ordninga vil gjelde for gåver over 3 mill. kroner som er gitte (og avtale inngått) etter 1. januar 2014. Regjeringa foreslår å øyremerkje 50 mill. kroner til gåveforsterkingsordninga i 2014. Departementet vil utarbeide retningslinjer for ordninga i løpet av hausten 2013.

Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

Det er utarbeidd felles mål for løyvingane til Noregs forskingsråd på postane 52, 53 og 54, jf. kapittelomtalen til kap. 285. Løyvinga over kap. 285 post 54 skal finansiere forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse. Saman med løyvinga over kap. 285 post 53 er løyvinga ei vidareføring av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, som vart avvikla i statsbudsjettet for 2012.

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning vart finansieringsansvaret for ulike typar infrastruktur presisert. På bakgrunn av meldinga vart det bestemt at den einskilde forskingsinstitusjonen skal ha ansvaret for investeringane i såkalla basisutstyr, definert som utstyr som det er naturleg at mange institusjonar har, og som har ein investeringskostnad på opptil 2 mill. kroner. Ordninga til Forskingsrådet gjeld forskingsinfrastruktur som er av nasjonal, strategisk interesse, og som har ein investeringskostnad på mellom 2 mill. kroner og 200 mill. kroner. Prosjekt med ein kostnad på over 200 mill. kroner må handsamast særskilt av regjeringa. Ansvarsdelinga inneber at Forskingsrådet skal syte for å samordne investeringar i tilfelle der fleire miljø har behov for infrastruktur, men der kostnadene er så høge at det er mest tenleg med samarbeid. Midlane som går via Forskingsrådet, blir tildelte etter konkurranse.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 525, 10. juni 2013 i samband med handsaminga av Innst. 372 S (2012–2013), jf. Meld. St. 18 (2012–2013):

«Stortinget ber regjeringen foreslå å øke investeringene i avansert vitenskapelig utstyr og annen infrastruktur for forskning slik at norske forskere får tilgang til utstyr av verdensklasse.»

Kunnskapsdepartementet vil komme tilbake til dette i framtidige budsjettproposisjonar.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei løyving på 299,4 mill. kroner i 2014, mot 289,2 mill. kroner i 2013.

Post 55 Administrasjon

Kunnskapsdepartementet tildeler midlar til grunnfinansiering av administrasjon av Forskingsrådet over denne løyvinga. I tillegg blir administrasjonsutgiftene finansierte av dei departementa som kanaliserer FoU-midlar gjennom Forskingsrådet.

Forskingsrådets administrasjonsutgifter kan delast i to: interne og eksterne administrasjonsutgifter. Den første delen omfattar alle personal- og driftskostnader, inklusive IKT-kostnader. Desse interne administrasjonsutgiftene blir finansierte gjennom grunnfinansiering frå Kunnskapsdepartementet over kap. 285 post 55 og gjennom ein administrasjonsdel frå forskingsløyvingane til dei departementa som finansierer forsking gjennom Noregs forskingsråd. Dei eksterne administrasjonsutgiftene er utgifter knytte til FoU-verkemidla som møtegodtgjersle, reisekostnader, søknadshandsaming, evalueringar og utgreiingar i samband med gjennomføring av program og aktivitetar. Desse utgiftene blir finansierte av det enkelte program eller aktivitet og blir fastsette av programstyra.

Mål for 2014

Målet med løyvinga er at Forskingsrådet skal ha ei god personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane i samsvar med måla for Forskingsrådet.

Rapport for 2012

Forskingsrådet har utvikla og halde ved like system for god og effektiv handsaming av søknader og administrative prosessar som er i tråd med god internasjonal praksis. Evalueringa av Forskingsrådet peiker på at administrasjonen av rådet har vorte meir effektiv over tid. Rådet har òg brukt monaleg med ressursar på auka kvalitet og effektivitet i handsaminga av søknader gjennom utvikling av elektroniske løysingar. Undersøkingar viser at brukarane er særs nøgde med IT-løysingane.

Løyvinga over posten var på 266,5 mill. kroner i 2012. Dei samla interne administrasjonsutgiftene var på om lag 480 mill. kroner i 2012, eksklusive pensjonskostnader. Det inneber at om lag 55 pst. av dei interne administrasjonsutgiftene blir finansierte over løyvinga på denne posten. Dei eksterne administrasjonsutgiftene, det vil seie utgifter knytte til drift av program og aktivitetar, vil variere over tid som følgje av kva for fase dei ulike programma er i. Nivået på desse utgiftene har likevel vore relativt stabilt i dei siste åra, og var i 2012 på om lag 175 mill. kroner.

Tabellen under viser utviklinga i dei interne administrasjonsutgiftene til Forskingsrådet og administrasjonsløyvinga frå Kunnskapsdepartementet. Det er lagt til grunn ein definisjon av administrasjonsutgiftene i samsvar med internasjonale standardar:

Tabell 4.13 Utvikling i dei interne administrasjonsutgiftene til Forskingsrådet i perioden 2008–12 (i 1 000 kroner)

     

(i 1 000 kr)

2008

2010

2012

Interne administrasjonsutgifter (ekskl. pensjonsforplikting)

361 389

417 247

481 026

Av dette løyvinga på kap. 285 post 55

232 707

250 720

266 505

Det har vore ein auke i dei interne administrasjonsutgiftene i dei seinare åra. Denne auken skriv seg mellom anna frå fleire oppgåver som følgje av auka FoU-løyvingar, nye oppgåver som departementa har lagt til Forskingsrådet (til dømes Kunnskapssenter for utdanning, sekretariat for «21-strategiane»), arbeidet med å utvikle og forbetre tenestene til rådet og den generelle lønns- og prisveksten. FoU-løyvingane frå departementa auka frå om lag 5,5 mrd. kroner i 2008 til om lag 7 mrd. kroner i 2012.

Dei tilsette i Forskingsrådet har tenestepensjonar i Statens pensjonskasse (SPK). Rådet har i ein periode hatt ei pensjonsordning for toppleiinga i tillegg til pensjonane frå SPK (som har eit tak på 12 G). På oppmoding frå departementet er ordninga avvikla frå og med 2013. Tre noverande tilsette har avtale om tilleggspensjon, noko som gjer at Forskingsrådet på visse vilkår skal betale ut tilleggspensjon tilsvarande 66 pst. av lønna over 12 G til og med 18 G for to tilsette og til 20 G for administrerande direktør. I tillegg har tre tidlegare tilsette i rådet avtalar om tilleggspensjonar ut over ordninga i SPK.

Departementet har merksemd retta mot nivået på den likviditeten Noregs forskingsråd har i Noregs Bank. Overføringane har auka i dei seinare åra. Tabell 3.16 i vedlegg 3 viser utviklinga i likviditeten for dei fire siste åra.

Likviditeten består i hovudsak av tre element:

  • avsetning av midlar til lovpålagde oppgåver som feriepengar og pensjonar

  • avsetning av midlar til forskingsaktivitet som er utført, men som ikkje blir betalt ut før året etter (prosjektgjeld til utførte forskingsprosjekt)

  • midlar som er inntektsførte i Forskingsrådet, men som ikkje fullt ut er sette i aktivitet i det året midlane vart løyvde, altså ei forskyving i bruken av midlane. Denne forskyvinga i bruken av midlane skyldast to forhold:

    • forseinkingar ute i forskingsprosjekta (mellom anna ute ved universiteta og høgskolane) slik at utbetalingane kjem i eit anna tempo enn budsjetteringa hadde lagt opp til

    • at midlar ikkje er fordelte vidare til det einskilde forskingsprosjektet

Departementet har som mål at likviditeten er på eit akseptabelt nivå. Det er naturleg at Noregs forskingsråd overfører midlar frå eitt budsjettår til eit anna. Dette ligg i den rolla Forskingsrådet har i forskingssystemet, og i dei strukturelle rammene med eittårige tildelingar. Den viktigaste oppgåva til rådet er å fordele forskingsmidlar vidare ut i forskingssektoren etter nasjonal konkurranse, og slik sørgje for kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført. Dette krev god planlegging og strenge krav til kvalitetssikring og oppfølging, noko som igjen krev tid.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei løyving på 278,9 mill. kroner i 2014. Det er ein nominell auke på 3,6 mill. kroner samanlikna med 2013.

Løyvinga frå Kunnskapsdepartementet er ei grunnfinansiering av Forskingsrådets verksemd som skal dekkje delar av dei interne administrasjonsutgiftene knytte til personale, IKT-kostnader og drift. Løyvinga skal nyttast inn mot alle aktivitetar og program som rådet finansierer. Som nemnt over har det vore ein auke i dei interne administrasjonsutgiftene i dei seinare åra. Dette har vore ei ønskt utvikling for å løyse viktige oppgåver. Auken held fram også i 2013. Departementet vil frå 2014 setje eit tak på dei interne administrasjonsutgiftene, og departementet legg opp til ei innstramming i desse utgiftene i 2014. Departementet vil som del av den ordinære etatsstyringa fastsetje nivået på dei interne administrasjonsutgiftene i tildelingsbrevet til Forskingsrådet for 2014. Departementet legg ikkje opp til ei endring for dei eksterne administrasjonsutgiftene. Programstyra skal framleis fastsetje desse. Departementet vil likevel følgje opp utviklinga i både dei interne og dei eksterne administrasjonsutgiftene gjennom etatsstyringa.

Kap. 286 Forskingsfond

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

60

Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

219 044

Sum kap. 0286

219 044

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

Løyvinga er flytt til kap. 287 post 60.

Kap. 3286 Forskingsfond

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

86

Avkastning – Regionale forskingsfond

219 044

95

Fondskapital

80 000 000

Sum kap. 3286

80 219 044

Post 86 Avkastning – Regionale forskingsfond

Løyvinga er flytt til kap. 3287 post 87.

Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

12 837

11 114

10 803

53

NUPI

4 203

4 342

4 494

56

Ludvig Holbergs minnepris

9 102

9 400

9 729

57

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

179 093

185 003

191 478

60

Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

219 000

219 000

71

Tilskott til andre private institusjonar

33 145

34 752

39 268

73

Niels Henrik Abels matematikkpris

12 784

13 206

13 668

Sum kap. 0287

251 164

476 817

488 440

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

Mål for 2014

Målet med løyvinga er å medverke til utvikling av forskingspolitikken.

Rapport 2012

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2012 12,8 mill. kroner over kap. 287 post 21.

5 mill. kroner av løyvinga på denne posten vart brukte til å finansiere forskingsprogrammet Kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken (FORFI) i Noregs forskingsråd. FORFI vart sett i drift i 2010 og skal gå over fem år med eit totalbudsjett på om lag 50 mill. kroner.

Om lag 5 mill. kroner av løyvinga vart brukte til å finansiere evalueringa av Forskingsrådet, som vart sluttført i september 2012. Løyvinga vart òg nytta til å finansiere ulike utgreiingar knytte til forskingspolitikken, mellom anna evalueringa av finansieringssystemet i instituttsektoren og ein analyse av alternative tilknytingsformer for deltaking i EUs rammeprogram for forsking. Løyvinga vart òg nytta til å finansiere arbeid i samband med dei vitskaplege prisane.

Delar av løyvinga er gitt som tilskott til Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA) og matematikkorganisasjonen Centre International de Mathématiqes Pures et Appliquées (CIMPA). Frå 2013 er tilskott til desse organisasjonane løyvde over kap. 287 post 71.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei løyving på 10,8 mill. kroner, mot 11,1 mill. kroner i 2013. Løyvinga på kapitlet kan bli nytta til å finansiere tidsavgrensa prosjekt i departementet.

Post 53 NUPI

Mål for 2014

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har som formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål, ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale forhold. Basisløyvinga til NUPI blir gitt over kap. 287 post 57, medan løyvinga på post 53 blir nytta til å finansiere dei nasjonale informasjonsoppgåvene til NUPI, mellom anna den rolla instituttet har som formidlar til barn og unge i alderen 15–25 år. Målet for denne ordninga er å medverke til at NUPI skal vere eit leiande miljø for presentasjon av og diskusjon om politikk, med særleg ansvar for å ta hand om kommunikasjonen med elevar, studentar og offentlegheita.

Rapport for 2012

Departementet er godt nøgd med måloppnåinga til NUPI når det gjeld oppgåvene knytte til informasjon og formidling.

NUPI legg særleg vekt på å spreie informasjon til barn og unge i alderen 15–25 år. Digitale flater er den primære kanalen for ekstern kommunikasjon. Den viktigaste kanalen er nettstaden hvorhenderdet.no. Nyhendebrev frå hvorhenderdet.no blir sende til om lag 20 000 e-postadresser. Det er ein monaleg auke frå tidlegare år. NUPI har òg oppretta eit virtuelt bibliotek med eiga chat-teneste.

Andre informasjons- og formidlingsaktivitetar som NUPI har gjennomført i 2012, er på det nivået som departementet har sett. NUPI har blant anna arrangert ei stor mengd seminar og konferansar, og forskarane ved NUPI har òg i 2012 vore mykje nytta som kjelder og kommentatorar i media.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 56 Ludvig Holbergs minnepris

Ludvig Holbergs minnepris er delt ut kvart år sidan 2004 til forskarar som har gitt framifrå bidrag innanfor humaniora, samfunnsvitskaplege fag, juss eller teologi. Prisen blir forvalta av Universitetet i Bergen, og prisbeløpet er på 4,5 mill. kroner. I samband med Holbergprisen blir Nils Klim-prisen for yngre nordiske forskarar delt ut innanfor dei same fagfelta. Nils Klim-prisen er på 250 000 kroner. Holbergprisen i skolen er ein nasjonal forskarkonkurranse for elevar i vidaregåande skole. Konkurransen skal auke interessa for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, juss og teologi blant barn og unge.

Mål for 2014

Formålet med Holbergprisen er å auke merksemda kring humaniora, samfunnsvitskaplege fag, juss og teologi. Prisen blir tildelt forskarar som på avgjerande måte har påverka internasjonal forsking på sitt område.

Rapport for 2012

Ludvig Holbergs minnepris vart i 2012 delt ut til den spanske sosiologen Manuel Castells. I si grunngiving framhevar Holbergkomiteen at Castells er den fremste sosiologen innanfor forsking om byar og urbanisering, og om ny informasjons- og medieteknologi. Castells har kasta lys over dei maktstrukturane som ligg under dei teknologiske revolusjonane i vår tid, og konsekvensane deira. I tillegg til å dekkje prisbeløpet til vinnaren blir løyvinga nytta til ulike arrangement i samband med prisutdelinga, og til aktivitetar som skal auke interessa for humanistiske og samfunnsvitenskaplege fag blant barn og unge og i samfunnet elles.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 57 Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for basisløyvinga til 25 samfunnsvitskaplege institutt som er omfatta av ordninga med statleg basisløyving. Noverande ordning for statleg basisløyving til forskingsinstitutta kom i stand i 2009, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009) og St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet. Da det nye basisfinansieringssystemet vart innført, la regjeringa opp til at systemet skulle evaluerast etter tre år. Evalueringa av finansieringsordninga vart lagd fram hausten 2012. Med bakgrunn i evalueringa reviderte departementet i juli 2013 Retningslinjer for statlig basisfinansiering av forskningsinstitutter, jf. omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

Mål for 2014

Målet med den statlege basisløyvinga er å sikre ein sterk samfunnsvitskapleg forskingsinstituttsektor som kan tilby næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet. Institutta skal nytte basisløyvinga til langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Løyvinga skal vidare stimulere til vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid i den samfunnsvitskaplege delen av instituttsektoren.

I 2014 vil ti pst. av basisløyvinga til institutta bli omfordelt etter oppnådde resultat på fastlagde indikatorar. Omfordelingsdelen har vore den same sidan ordninga vart innført i 2009.

Rapport for 2012

I 2012 vart ti pst. av basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta omfordelt mellom institutta etter oppnådde resultat. Den resultatbaserte delen av basisløyvinga premierer kvalitet og relevans i den faglege verksemda til institutta. Omfordelinga i perioden 2009 til 2012 viser at PRIO, SNF, Fafo og Østlandsforskning har hatt sterkast prosentvis nominell vekst. Fire av institutta har fått redusert basisløyvinga.

Tabellen viser basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta som var med i ordninga i 2012, og korleis basisløyvinga for kvart samfunnsvitskaplege institutt har endra seg frå 2009 til 2012.

Tabell 4.14 Basisfinansieringa av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta

Basisfinansiering 2012 (i mill. kroner)

Nominell endring 2009–12 (i prosent)

Agderforskning

3,5

1,0

IRIS Samfunns- og næringsutvikling

6,7

15,9

Møreforsking

4,2

15,6

Nordlandsforskning

4,4

8,8

NORUT Alta

2,1

0,8

NORUT Tromsø, samfunn

3,1

17,7

Telemarksforsking – Bø

3,7

7,5

Telemarksforsking – Notodden

0,7

9,3

Trøndelag Forskning og Utvikling

2,3

18,5

Vestlandsforsking

3,6

19,6

Østfoldforskning

3,1

17,4

Østlandsforskning

3,4

25,0

Arbeidsforskningsinstituttet

7,2

12,5

Chr. Michelsens Institutt

14,4

2,5

Fafo

15,1

25,7

Fridtjof Nansens Institutt

8,4

–4,1

Frischsenteret

1,3

*

Institutt for samfunnsforskning (ISF)

10,5

–0,7

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

13,0

0,1

Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA)

25,4

–6,8

NTNU Samfunnsforskning

4,6

*

Norsk Utanrikspolitisk Institutt

16,0

–4,6

Peace Research Institute Oslo (PRIO)

14,7

27,9

Rokkansenteret

2,8

*

SINTEF Teknologi og samfunn

11,2

23,5

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF)

7,1

25,7

* Frischsenteret, NTNU Samfunnsforskning og Rokkansenteret kom med i ordninga frå 2011, jf. Innst. 12 S (2010–2011). Desse institutta har hatt den sterkaste auken i basisløyving frå 2011 til 2012.

Kjelde: Noregs forskingsråd

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei løyving på 191,5 mill. kroner. Det er same nivå som i 2013. Arbeidsforskningsinstituttet AS (AFI) og Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) blir slått saman med Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) frå 1. januar 2014. AFI og NOVA mottek basisløyving over posten, som blir utbetalt av Forskingsrådet. Forskingsrådet kan betale ut desse midlane til HiOA i 2014. Kunnskapsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med forslag om å flytte midlane frå kap. 287 post 57 til kap. 260 post 50 i statsbudsjettet for 2015.

I tillegg kjem basisløyvinga til Chr. Michelsens Institutt på 15,4 mill. kroner. Denne løyvinga blir gitt over kap. 165 post 70 på budsjettet til Utanriksdepartementet. Kunnskapsdepartementet kan nytte denne løyvinga gjennom ei ordning med årleg belastningsfullmakt.

Telemarksforsking – Notodden vart avvikla 1. mars 2013. Avviklinga fristilte 580 000 kroner i 2013, og desse midlane er fordelte til dei andre samfunnsvitskaplege institutta. For 2014 foreslår departementet at den løyvinga som elles ville ha gått til Telemarksforsking –Notodden, blir nytta til å styrkje basisløyvinga til dei andre institutta på posten, og at midlane går inn i omfordelingsdelen av basisløyvinga.

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

Dei regionale forskingsfonda vart oppretta frå 1. januar 2009 med ein kapital på 6 mrd. kroner. Kapitalen er plassert som kontolån til staten med ei rente som tilsvarer renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid.

Kunnskapsdepartementet har fastsett retningslinjer for regionale forskingsfond. Retningslinjene spesifiserer formål med ordninga, styringslinjer og aktørar, oppgåvene og ansvarsområda deira, mellom anna grunnleggjande krav til administrasjon og styring av midlane i ordninga.

Departementet reviderte retningslinjene i 2013. Frå 2014 skal midlane til samarbeidsprosjekt mellom fleire fondsregionar, som departementet til no har kanalisert gjennom Noregs forskingsråd, gå direkte frå departementet til dei fondsregionane som er ansvarlege for prosjekta. Fondsstyra skal sjølve finne fram til og prioritere tema for dei strategiske samarbeidssatsingane, og avgjere kor mykje midlar innanfor ramma på 31,5 mill. kroner som skal gå til kvar satsing. Endringa fører til ei forenkling i måten tildelinga skjer på.

Mål for 2014

Dei regionale forskingsfonda skal styrkje regional forsking og innovasjon. Fonda skal medverke til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til auka kvalitet i forskinga. Fonda skal møte FoU-behov i fylka ved å støtte FoU-prosjekt som er foreslåtte av offentlege eller private aktørar i fondsregionen. På denne måten blir prioriteringane til fondsstyra forankra i regionale føresetnader og behov.

Rapport for 2012

I 2011 sette Forskingsrådet i gang ei treårig følgjeevaluering av ordninga med regionale forskingsfond som kan gi grunnlag for forbetring og vidareutvikling av ordninga. Evalueringa blir utført av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), og ho held fram i 2012 og 2013. NIFU har avgitt to delrapportar, og følgjeevalueringa blir avslutta med ein hovudrapport i desember 2013.

Ein hovudkonklusjon i den første delrapporten er at ordninga med regionale forskingsfond etter to år har komme godt i gang. Ordninga er godt forankra regionalt og sentralt, og det er utløyst omfattande aktivitet. NIFU peiker vidare på at ordninga med regionale forskingsfond har ført til at fylkeskommunane utviklar rolla si som forskingspolitiske aktørar, mellom anna ved at dei har utarbeidd og følgjer opp FoU-strategiane sine. NIFU framhevar at det regionale nivået no kan disponere midlar til FoU-aktivitet ut frå behova i regionen, og understrekar at dette medverkar til å utløyse ny FoU-verksemd og til å utvikle og styrkje fagmiljøa. Samstundes seier delrapportane at det enno er for tidleg å kunne seie noko om dei langsiktige effektane av ordninga. Den andre delrapporten trekkjer fram at den gode utviklinga som vart konstatert etter to års drift, har halde fram i det tredje året. Det er utvikla eit velfungerande system for utlysing og handsaming av søknader, og dei finansierte prosjekta held god kvalitet. Brukarane er godt fornøgde med ordninga, og ifølge tilbakemeldingane deira utløyser regionale forskingsfond FoU-prosjekt som elles ikkje ville ha vorte gjennomførte. Eit satsingsområde for fleire forskingsfond er innovasjon i offentleg sektor, og dei regionale forskingsfonda har ifølge evaluatorane medverka til å utløyse ein monaleg portefølje av prosjekt retta mot innovasjon i offentleg sektor. Fondsordninga fungerer som ein viktig arena for utprøving på dette området. Evalueringa stadfestar den mobiliserande rolla dei regionale fonda har.

Til saman kom det i 2012 inn 486 søknader til dei sju fondsstyra. 207 av søknadene fekk tildelt midlar. Samla sett er hovuddelen av midlane nytta til forsking på områda mat, formål knytte til offentleg sektor, og energi, miljø og klima. 33 pst. av midlane gjekk i 2012 til forskingsinstitutt og universitets- og høgskolesektoren, medan private verksemder mottok nærmare 41 pst. av midlane. Helseføretaka og offentleg sektor for øvrig mottok 26 pst. av midlane.

Forskingsrådet fekk tildelt 31,5 mill. kroner over posten i 2012 til felles utlysingar mellom fondsregionane. Fondsregionane greidde i 2012 ut eit forslag til nye kriterium for å nytte desse midlane. Forskingsrådet slutta seg til forslaget frå fondsregionane, og departementet endra i 2013 retningslinjene for dei regionale fonda på bakgrunn av forslaget, sjå omtale over. Med unntak av om lag 1 mill. kroner til å finansiere følgjeevalueringa i 2012 er midlane på posten overførte til 2013 til samarbeidsprosjekt mellom fondsregionane. Forskingsrådet fekk vidare ei tildeling på 8,7 mill. kroner over posten til å dekkje administrative meirutgifter knytte til regionale forskingsfond.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å løyve 219 mill. kroner på denne posten. Det er same beløp som i 2013. Hovuddelen av løyvinga er fordelt direkte til fondsregionane (vertsfylkeskommunane) etter faste kriterium, jf. Prop. 1 S (2010–2011) for Kunnskapsdepartementet. I samsvar med retningslinjene for regionale forskingsfond foreslår departementet å tildele 15 pst. av midlane (31,5 mill. kroner) til å finansiere samarbeidsprosjekt mellom fondsregionane. Departementet foreslår å tildele 8,7 mill. kroner til Forskingsrådet for dekking av årlege administrative meirutgifter knytte til ordninga.

Departementet foreslår at løyvinga over post 60 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3287, post 87, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Tabell 4.15 Fordeling av midlane frå regionale forskingsfond

(i 1 000 kroner)

Mottakar og formål

Beløp

Fondsregionar:

Vertsfylkeskommune

– Nord-Noreg

Troms

31 920

– Midt-Noreg

Sør-Trøndelag

24 959

– Innlandet

Hedmark

15 416

– Hovudstaden

Akershus

28 190

– Oslofjordfondet

Vestfold

33 833

– Agder

Aust-Agder

13 685

– Vestlandet

Hordaland

30 752

Noregs forskingsråd for dekking av årlege administrative meirutgifter knytte til ordninga

8 700

Samarbeidsprosjekt mellom fondsregionane

31 545

Totalt

219 000

Post 71 Tilskott til andre private institusjonar

Tilskott blir gitt til Senter for grunnforsking ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse (DKNVS Stiftelse), Egede Instituttet, Forskningsinstituttenes fellesarena og matematikkorganisasjonen Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA).

Mål for 2014

Målet med tilskotta er at tilskottsmottakarane skal halde fram med, eller styrkje, den faglege verksemda og kompetansenivået sitt. Tilskottet til DNVA og DKNVS har òg som mål å medverke til større merksemd om forsking generelt og til auka internasjonalt samarbeid mellom forskarar. Tilskottet til DNVA dekkjer òg arbeidet med å administrere Kavliprisen.

Rapport for 2012

Rapporteringa for 2012 syner at alle institusjonane har halde fram med den faglege verksemda. Både DNVA og DKNVS har arrangert møte om ulike faglege og forskingspolitiske tema.

Løyvinga til DNVA omfattar òg midlar til arrangement i samband med Kavliprisen. Kavliprisen er eit samarbeid mellom DNVA, The Kavli Foundation og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisen blir utdelt annakvart år for framifrå vitskapleg arbeid innanfor fagfelta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. I 2012 gjekk Kavliprisen for nevrovitskap til Cornelia Isabella Bargmann, Winfried Denk og Ann Martin Graybiel, Kavliprisen for nanovitskap gjekk til Mildred Dresselhaus, og Kavliprisen for astrofysikk vart delt ut til David Jewitt, Jane Luu og Michael Edwards Brown. Eit av dei gjennomførte tiltaka for å styrkje den internasjonale posisjonen til Kavliprisen, har vore å arrangere Kavli Laureate Lectures i mellom anna Washington DC, Berlin og Tokyo.

Senter for grunnforskning (CAS) er ein stiftelse oppretta av DNVA. Senteret er vertskap for tre internasjonale forskargrupper kvart akademiske år. Dei tre gruppene representerer høvesvis humaniora, samfunnsfag og naturvitskap. Formålet med senteret er å fremme norsk grunnforsking på høgste faglege nivå. Våren 2012 avslutta følgjande grupper sine prosjekt i senteret: Komplekse systemer og materialer, Tid er rom: Ubevisste modeller og bevisste handlinger og Kognitiv aldring – bidrag fra kognitiv nevrovitenskap og kognitiv nevrogenetikk. Hausten 2012 starta følgjande grupper sitt arbeid: Operatorrelatert funksjonsteori og tid-frekvensanalyse, Fremstillingen av relasjonen mellom krigeren og kongen i europeisk middelalder (600–1200) og Omformingen av folkeretten og norsk suverenitet i 1814. Publisering frå prosjekta skjer vanlegvis over ein treårsperiode etter at opphaldet ved senteret er avslutta.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å auke tilskottet til Det Norske Videnskaps-Akademi (DVNA) med 2 mill. kroner, mellom anna for å støtte opp om arbeidet med å etablere eit Ungt Akademi for yngre forskartalent. Ungt Akademi vil kunne ha som formål å bidra til tverrfagleg utveksling, til at unge dyktige forskarar kan påverke forskingspolitikken, og til å gi unge forskarar ei stemme i offentlegheita. Auken skal òg nyttast til å styrkje det internasjonale arbeidet med Kavliprisen.

Departementet foreslår vidare at tilskottet til vitskaplege fond blir overført til DNVA. Det har tidlegare vore gitt separat løyving til administrasjon av vitskaplege fond, herunder Nansenfondet, Det vitenskapelige forskningsfond av 1919, samt Institutt for sammenlignende kulturforskning. Fonda er tett forbundne med Det Norske Videnskaps-Akademi, og departementet ser det som hensiktsmessig at tilskottet til vitskaplege fond blir gitt som ein del av løyvinga til DNVA.

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i Trondheim er Noregs eldste vitskapsakademi. DKNVS har høg fagleg aktivitet og driv eit utstrakt formidlingsarbeid, mellom anna Gunnerusforelesningene og formidlingsprogrammet Kunnskapsbyen. I 2014 skal DKNVS flytte inn i nye lokale i den restaurerte Fylkesmannsboligen i Trondheim. DKNVS arbeider saman med NTNU for å etablere Fylkesmannsboligen som eit hus som skal fremme vitskap og forskingsformidling. I dei seinaste åra har DKNVS utvida den faglege verksemda si ytterlegare og styrkt samarbeidet med ulike aktørar. Departementet foreslår å auke tilskottet til DKNVS med 2 mill. kroner, slik at Selskabet kan styrkje den faglege verksemda.

Departementet foreslår å slå saman løyvinga til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse. Løyvinga har av historiske årsaker vore gitt som to separate tilskott.

Tabell 4.16 Fordeling av midlane på kap. 287 post 71

(i 1 000 kr)

Institusjon

2012

2013

2014

Senter for grunnforsking

17 630

18 212

18 850

Det Norske Videnskabs-Akademi

13 935

14 395

16 400

Vitskaplege fond

165

170

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

425

439

2 848

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim

386

399

Egede Instituttet

375

387

400

Forskningsinstituttenes fellesarena

500

520

Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA)

250

250

Sum

39 268

Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris

Abelprisen har vorte delt ut kvart år sidan 2003. Prisen blir delt ut av Det Norske Videnskaps-Akademi. Prisbeløpet er på 6 mill. kroner. I samband med Abelprisen blir det òg arrangert ulike aktivitetar for elevar, mellom anna Abelkonkurransen for elevar i vidaregåande skole.

Mål for 2014

Abelprisen blir delt ut til framifrå vitskapleg arbeid innanfor matematikk. Prisen skal bidra til å auke merksemda kring matematikk i samfunnet. Prisen skal òg stimulere interessa for matematikk blant barn og unge.

Rapport for 2012

I 2012 gjekk Abelprisen til professor Endre Szemerédi for hans grunnleggjande bidrag til diskret matematikk og teoretisk informatikk. Szemerédis forsking har hatt gjennomgripande og varig påverknad på additiv talteori og ergodeteori. I tillegg til å dekkje prisbeløpet til vinnaren blir løyvinga nytta til ulike arrangement i samband med prisutdelinga, og til aktivitetar som skal auke interessa for matematikk blant barn og unge og i samfunnet elles.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

86

Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond

9 102

87

Avkastning – Regionale forskingsfond

219 000

219 000

90

Fondskapital – Niels Henrik Abels minnefond

200 000

91

Fondskapital – Ludvig Holbergs minnefond

200 000

Sum kap. 3287

209 102

419 000

219 000

Post 86 Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond

Ludvig Holbergs minnefond vart avvikla i statsbudsjettet for 2013, og avkastninga vart ført vidare som ei ordinær løyving over kap. 287 post 56.

Post 87 Avkastning – Regionale forskingsfond

Avkastninga frå regionale forskingsfond blir på 219 mill. kroner i 2014. Det er same nivå som i 2013. Løyvinga blir utgiftsført med same beløp på kap. 287 post 60, jf. omtale på denne posten.

Post 90 Fondskapital – Niels Henrik Abels minnefond

Niels Henrik Abels minnefond vart avvikla i statsbudsjettet for 2012, og avkastninga vart ført vidare som ei ordinær løyving over kap. 287 post 73.

Post 91 Fondskapital – Ludvig Holbergs minnefond

Ludvig Holbergs minnefond vart avvikla i statsbudsjettet for 2013, og avkastninga vart ført vidare som ei ordinær løyving over kap. 287 post 56.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

21

Særskilde driftsutgifter

6 965

7 060

6 707

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

202 878

201 765

206 002

73

EUs rammeprogram for forsking, kan overførast

1 167 519

1 694 267

1 347 234

74

Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, kan overførast

11 522

21 760

11 511

75

UNESCO-kontingent

18 234

18 141

18 909

76

UNESCO-formål

3 000

3 105

Sum kap. 0288

1 407 118

1 945 993

1 593 468

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Mål for 2014

Det er eit mål at Noreg deltek aktivt innanfor nordisk og internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid, og at det er gode koplingar mellom desse samarbeida. Løyvinga skal mellom anna dekkje kontingenten til Senter for utdanningsforskning (CERI) under OECD. Vidare går løyvinga til internasjonalt samarbeid innanfor ansvarsområda til departementet, herunder bilateralt samarbeid med prioriterte land. Ein mindre del av løyvinga vil kunne nyttast til Noregs hus i Cité Internationale Universitaire de Paris (CIUP).

Rapport for 2012

Arbeidet med bilateralt utdannings- og forskingssamarbeid vart styrkt i 2012, mellom anna gjennom støtte til oppfølging av myndigheitsavtalar med Russland, Brasil og Japan. Med verknad frå 2013 er pilotprogrammet UTFORSK etablert for å styrkje koplinga mellom høgre utdanningssamarbeid og forskingssamarbeid med mellom anna desse landa. Tiltaket blir òg finansiert over kap. 281 post 01. Løyvinga har òg vore nytta til å utvikle eit meir systematisk kunnskapsgrunnlag for samarbeid med strategisk viktige land utanfor EU.

For å styrkje det bilaterale samarbeidet med Russland er det ved den norske ambassaden i Moskva oppretta ei ny stilling som spesialutsending for utdanning, forsking og teknologi. Stillinga er bemanna frå januar 2013, og blir finansiert av Kunnskapsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.

I 2012 vart det inngått ein avtale om norsk deltaking i det brasilianske mobilitetsprogrammet «Science Without Borders», og frå 2013 tek Noreg imot dei første brasilianske studentane. Den norske deltakinga blir administrert av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Delar av løyvinga har òg vore nytta til aktivitetar knytte til at Noreg hadde formannskapet i Nordisk Ministerråd i 2012. Ein mindre del av løyvinga vart nytta til å arrangere eit OECD-høgnivåmøte på barnehagefeltet og ein ministerkonferanse om IKT i utdanning i samband med det kypriotiske formannskapet i EU hausten 2012.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei løyving på 6,7 mill. kroner i 2014.

Departementet foreslår å flytte 0,7 mill. kroner til Utanriksdepartementet sitt budsjettkapittel 100 post 01 for å finansiere delar av stillinga som spesialutsending for utdanning, forsking og teknologi ved den norske ambassaden i Moskva.

Departementet foreslår å flytte 0,1 mill. kroner frå kap. 226 post 21 til kap. 288 post 21 for å samle tilskottet til Tysk-Norsk Ungdomsforum.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Løyvinga dekkjer norsk deltaking i Den europeiske organisasjon for kjerneforskning (CERN), Det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL), European Molecular Biology Conference (EMBC), European Synchrotron Radiation Facility (ESRF) og International Agency for Research on Cancer (IARC).

Mål for 2014

Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til å nå overordna mål for norsk forskingspolitikk, inkludert høg kvalitet og internasjonalisering av norsk forsking.

Rapport for 2012

I 2012 vart det samla inn store mengder data frå eksperiment ved den nye partikkelakseleratoren til CERN, Large Hadron Collider (LHC). Norske forskarar og studentar har lagt ned eit stort arbeid knytt til slike eksperiment. Det er 110 personar frå norske forskingsmiljø på CERN. I juli 2012 kunngjorde CERN at to eksperiment hadde oppdaga ein ny elementærpartikkel som kan vere den mykje omtalte Higgs-partikkelen.

EMBL er ein av verdas leiande forskingsinstitusjonar innanfor molekylærbiologi og har 20 medlemsland. EMBL utviklar teknologi og tilbyr opplæring i nye metodar og oppdatert infrastruktur. I 2012 var tre norske forskarar tilsette ved laboratoriet. 43 norske forskarar har vore med på kurs, konferansar og workshops i regi av EMBL, og 44 norske forskarar har besøkt fasilitetane til EMBL.

EMBC, som har 27 medlemsland, finansierer aktiviteten knytt til European Molecular Biology Organization (EMBO). EMBO er ein organisasjon for framifrå forskarar. Ni norske forskarar er med i EMBO.

ESRF, som er eit laboratorium for forsking på synkrotonforsking, inkluderer den sveitsisk-norske strålelinja (SNBL). I 2012 kom ein ny avtale for finansiering av SNBL-samarbeidet for perioden 2013–16. Samarbeidet blir finansiert av Noreg og Sveits. I 2012 vart det publisert om lag 40 artiklar med utgangspunkt i forskingsaktivitet ved ESRF og SNBL.

IARC er eit internasjonalt kreftinstitutt knytt til Verdas helseorganisasjon. Hovudformålet er å fremme internasjonal kreftforsking. Årsaker til kreft og førebygging av kreft er sentrale forskingsfelt. IARC legg vekt på samarbeid med fattige land og fungerer også som global referanseorganisasjon når det gjeld omfanget av kreftsjukdom verda over. Norske forskarar er aktive både i forskinga og i styrande organ.

Budsjettforslag for 2014

Kontingentane for dei enkelte medlemslanda blir bestemde ut frå ein avtalefesta berekningsnøkkel der bruttonasjonalprodukt er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2014 er enno ikkje fastsette for alle kontingentane. Budsjettforslaget for 2014 er derfor basert på vedtekne kontingentar for 2013. Departementet foreslår ei løyving på 206 mill. kroner i 2014. Dette er ein auke på 4,2 mill. kroner samanlikna med 2013. Auken skyldast valutakursendringar og noko høgare kontingentanslag.

Post 73 EUs rammeprogram for forsking, kan overførast

Løyvinga dekkjer norsk kontingent for deltaking i EUs rammeprogram for forsking. Noreg har delteke fullt ut i forskingssamarbeidet med EU sidan 1994. Frå 2014 foreslår regjeringa å føre samarbeidet vidare i EUs neste rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, jf. omtale under Strategiar og tiltak.

Mål for 2014

Målet med deltakinga er å få tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur, og for å kvalitetssikre norsk forsking og innovasjon.

Norsk deltaking i Horisont 2020 skal medverke til kunnskapsbasert innovasjon og fornying i norsk samfunns- og næringsliv. Deltakinga skal òg medverke til auka grunnleggjande, nyskapande forsking.

Rapport for 2012

Departementa og Noregs forskingsråd har satsa på omfattande mobilisering til dei siste store utlysingane i EUs sjuande rammeprogram (7RP). Resultata frå 2012 syner at mobiliseringa har gitt utteljing. Auken i talet på prosjekt med norsk deltaking som er innstilte til finansiering, har aldri vore så stor som i 2012, noko som har sin grunn i auken i budsjettmidlane i den same perioden. Ved utgangen av 2012 er Noreg med i om lag 1 200 prosjekt som er innstilte for finansiering. Det er ein auke på om lag 250 prosjekt frå 2011. Norske forskarar hevdar seg særs godt innanfor miljø- og klimaprogrammet, og styrkte seg ytterlegare i 2012. Norske forskarar er med i kvart fjerde prosjekt som er innstilte for finansiering frå dette programmet ved utgangen av 2012. Suksessen innanfor miljø- og klimaprogrammet har samanheng med ei tilsvarande satsing nasjonalt. Noreg gjer det òg godt i andre program, til dømes programmet for sikkerheitsforsking. 2012 var eit særs godt år for norsk deltaking i transportprogrammet og i programmet for nanovitskap, nanoteknologi og nye materialar og ny produksjonsteknologi. Meir enn halvdelen av søknadene til transportprogrammet vart innstilt for finansiering, og det har vore god utteljing både innanfor sjøtransport og landtransport. Deltakinga i IKT-programmet vart òg styrkt, men Noreg har framleis låg deltaking i dette programmet, i helseprogrammet og i Det europeiske forskingsrådet.

I tilknyting til 7RP er det òg fleire fellesprogram som Europakommisjonen finansierer saman med industrien, eller land som er med i rammeprogrammet. Desse programma blir kalla randsoneaktivitetar. I 2012 dobla Noreg utbetalingane frå randsoneaktivitetane. Det skyldast i høg grad ein kontrakt som Kongsberg Satellite Services AS fekk.

Det er skilnader mellom dei fire forskingsutførande sektorane (instituttsektoren, universiteta og høgskolane, næringslivet og helseføretaka) i Noreg når det gjeld deltakinga i EUs forskingsprogram. Instituttsektoren har stått for ein tredel av dei innvilga norske søknadene i 7RP og fått vel 40 pst. av samla EU-støtte. Universitets- og høgskolesektoren står for 24 pst. av dei innvilga søknadene og 31 pst. av samla EU-støtte medan næringslivet står for totalt 27 pst. av dei innvilga søknadene, men berre 20 pst. av samla EU-støtte.

Betre utnytting og utteljing i EUs forskingsprogram fordrar styrkt deltaking frå alle sektorar, men det er enkelte som har større utfordringar enn andre. Det er grunn til å følgje opp dette, mellom anna i den strategien for samarbeid med EU om forsking og innovasjon som regjeringa har varsla i Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter.

Budsjettforslag for 2014

Løyvinga over posten dekkjer Noregs bidrag til EUs sjuande rammeprogram for forsking, og bidraget til Horisont 2020 dersom Stortinget sluttar seg til norsk deltaking.

Ei avgjerd om norsk deltaking i Horisont 2020 er ei mangeårig forplikting til å delta i og vere med på å finansiere programmet. Forslag til ei slik avgjerd vil bli lagt fram for Stortinget som eiga sak. Regjeringa har starta førebuinga av denne saka, men ho kan ikkje leggjast fram for Stortinget før Horisont 2020 er endeleg vedteke i EUs organ.

Det samla budsjettet for Horisont 2020 er ikkje vedteke enno, men ligg an til å bli på om lag 77 mrd. euro i laupande prisar for heile programperioden. Etter EØS-avtalen Art. 82 nr. 1 bokstav a) skal Noregs bidrag til programsamarbeidet med EU vere lik Noregs del av det samla BNP i EU-landa og i Noreg. Noregs del skal reknast av dei totale utbetalingane gjennom programmet i løpet av kalenderåret. Kor store dei årlege utbetalingane vil vere, er ikkje kjent før året er omme. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag i 2014 er derfor basert på overslaget til Europakommisjonen for kor mykje som vil bli utbetalt i 2014. Eit betre grunnlag for å vurdere utbetalingane i 2014 vil liggje føre når EU har vedteke budsjettet sitt for 2014 i løpet av hausten 2013. Noregs kontingent for 2014 vil bli betalt i august 2014. Deretter vil det bli gjort ei etterberekning våren 2015 basert på dei endelege utbetalingstala for 2014. Ei eventuell korrigering som følgje av etterberekninga vil bli gjord i kontingentkravet for 2016.

Som følgje av korleis Noregs bidrag blir rekna ut, er det ikkje mogleg å seie sikkert kva Noregs totale bidrag kjem til å vere i programperioden. Dersom dagens BNP og valutakurs blir lagde til grunn, kan Noreg truleg rekne med at det totale bidraget blir på mellom 17 og 18 mrd. kroner i laupande prisar.

I forslaget frå Europakommisjonen om utbetalingsbudsjett for Horisont 2020 i 2014 er det foreslått utbetalingar på om lag 1,57 mrd. euro. Dersom forslaget til budsjett blir vedteke, betyr det eit bidrag frå Noreg på om lag 360 mill. kroner til Horisont 2020 i 2014.

Sjølv om programperioden til det sjuande rammeprogrammet blir avslutta i 2013, vil utbetalingane frå programmet bli fasa ut over fleire år. Det betyr at Noreg må rekne med å betale bidrag til det sjuande rammeprogrammet samstundes som Horisont 2020 blir fasa inn. Basert på Europakommisjonens utbetalingsbudsjett for 2014 reknar Kunnskapsdepartementet med at bidraget til det sjuande rammeprogrammet blir på om lag 990 mill. kroner. Dette er ein reduksjon samanlikna med saldert budsjett 2013 på om lag 700 mill. kroner.

Departementet foreslår ei løyving på om lag 1,35 mrd. kroner i 2014.

Post 74 Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, kan overførast

Mål for 2014

Noreg er med i Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) for å leggje til rette for internasjonalt samspel og auka innovasjonsevne i samarbeid mellom forsking, utdanning og næringsliv.

Rapport for 2012

EIT har som mål å fremme samarbeid på tvers av land og sektorar, og er særskilt retta mot samarbeid mellom forsking, utdanning og næringsliv. Hovudverkemiddelet for EIT er oppretting av kunnskaps- og innovasjonsnettverk (KICs) som finansierer samarbeid mellom forsking, utdanning og næringsliv innanfor definerte tema. Det er for tida inga norsk deltaking i KICs.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår ei løyving på 11,5 mill. kroner i 2014. Frå 2014 går EIT inn som ein del av EUs nye rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Ein del av budsjettet for Horisont 2020 skal gå til finansiering av nye KICs. Det er framleis ein del av finansieringa for programmet som står att. Noregs bidrag til det gjeldande EIT-programmet vil bli gradvis trappa ned over dei kommande åra.

Post 75 UNESCO-kontingent

Mål for 2014

UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Medlemslanda deltek i UNESCOs generalkonferanse og eksekutivråd, og kan dermed vere med på å påverke UNESCOs arbeid. Kontingenten er eit vilkår for norsk medlemskap og deltaking i UNESCO.

Rapport for 2012

Løyvinga har vore nytta til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje medlemskontingenten og tilskott til World Heritage Fund. Noreg har arbeidd for at UNESCO skal bli meir effektiv og målretta, mellom anna gjennom aktiv medverknad til UNESCOs styremøte.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å løyve 18,9 mill. kroner til å dekkje forpliktingane til kontingenten og tilskottet til World Heritage Fund i 2014.

Post 76 UNESCO-formål

Løyvinga på posten går til tilskottsordninga til UNESCO-formål. UNESCO er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon og har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremme internasjonalt samarbeid på desse fagområda.

Ordninga blir forvalta av Kunnskapsdepartementet, medan Den norske UNESCO-kommisjonen vedtek satsingsområda og utarbeider ei innstilling til vedtak om tildeling.

Den norske UNESCO-kommisjonen er rådgivande organ for norske myndigheiter og fungerer som eit bindeledd mellom myndigheitene og fagmiljø på ansvarsområda til UNESCO. Kommisjonen skal òg medverke til å gjere UNESCOs idear, mål og oppgåver kjende i Noreg. Drifta av den norske UNESCO-kommisjonen blir finansiert over kap. 200 post 21.

Tilskottsmidlane vil bli lyste ut på nettsidene til kommisjonen og departementet.

Mål for 2014

Tilskottsordninga skal medverke til å styrkje UNESCOs arbeid og ansvarsområde, gjere UNESCO meir kjend i Noreg, og arbeide for gjennomføring på UNESCO-kommisjonen sine vedtekne satsingsområde.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2013.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

4 518

4 492

4 684

Sum kap. 3288

4 518

4 492

4 684

Løyvinga på post 04 gjeld innanlandske kostnader som etter statistikkdirektiva til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.

Programkategori 07.80 Utdanningsstøtte

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

2410

Statens lånekasse for utdanning

30 777 477

31 403 552

32 999 101

5,1

Sum kategori 07.80

30 777 477

31 403 552

32 999 101

5,1

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

5310

Statens lånekasse for utdanning

12 768 100

11 099 458

13 622 640

22,7

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 494 766

3 377 934

3 866 755

14,5

Sum kategori 07.80

16 262 866

14 477 392

17 489 395

20,8

Innleiing

Utdanningsstøtteordningane skal gi alle lik moglegheit til utdanning og medverke til at behovet for kompetanse i samfunnet blir dekt. Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer utdanningsstøtteordningane, som er heimla i lov av 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte. Støtteordningane blir regulerte i forskriftene om tildeling og tilbakebetaling av utdanningsstøtte.

Utdanning og kompetanse er viktig for at kvar einskild skal utvikle identitet, evne til å tenkje kritisk og kunne ta del i demokratiske prosessar. Utdanningsstøtta legg såleis til rette for nyskaping og eit kunnskapsbasert samfunn, der den einskilde kan nytte evnene sine og medverke til å skape verdiar. Gode støtteordningar er eit sentralt verkemiddel for sosial utjamning i rekrutteringa til høgre utdanning, og for å støtte opp om mål om livslang læring. Støtteordningane bidrar òg til rekruttering til forsking. Utdanningsstøtta er eit sentralt verkemiddel for å nå viktige mål for regjeringa, som til dømes å sikre utdanna personale i dei yrka Noreg er avhengig av for å utvikle velferdsstaten vidare. Utdanningsstøtta gjer det òg mogleg for enkeltmenneske å nytte retten til vidaregåande opplæring og ta høgre og anna utdanning.

Utdanningsstøtta legg til rette for eit samfunn med høgt kunnskapsnivå og internasjonal orientering. Utdanning og kompetanse er stadig viktigare for at arbeidsmarknaden skal fungere godt. Kunnskapsdepartementet ønskjer at utdanningsstøtteordningane skal medverke til at utdanningssektoren raskt kan fange opp endringar i etterspurnaden etter arbeidskraft og utdanning.

Utdanningsstøtta skal leggje til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat. I tillegg til generelle støtteordningar som dekkjer behova til majoriteten av støttemottakarane, må utdanningsfinansieringa også vere målretta mot grupper og personar med særskilde behov.

Mål: Utdanningsstøtteordningane medverkar til at alle kan ta utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og økonomiske og sosiale forhold

Tilstandsvurdering

Fleirtalet av studentar og elevar nyttar støtteordningane gjennom Lånekassen. I undervisningsåret 2012–13 var det om lag 491 300 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning i Noreg (inkludert norske studentar i utlandet). Om lag 392 600 personar mottok stipend og/eller lån til utdanning. Av desse var 177 600 i vidaregåande opplæring dei har rett til etter opplæringslova, og 176 700 var i høgre utdanning. 38 300 var i anna utdanning, som til dømes fagskole.

Fleirtalet av støttemottakarane i høgre utdanning er i aldersgruppa 20–24 år, men i overkant av 1 100 personar var over 50 år i 2012–13. Kvinnene er i fleirtal blant støttemottakarane, og delen kvinner aukar med stigande alder. Det er òg eit fleirtal av kvinner blant studentane i høgre utdanning generelt. Elevar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring (ungdomsrett) har rett til utstyrsstipend. I 2012–13 nytta 94,1 pst. av dei som har rett til det, denne ordninga.

Endringar over tid i samansetjinga av gruppa studentar og elevar gjer at dei ulike innretningane av støtteordninga må bli vurderte frå tid til anna. Dei behova ulike grupper har for økonomisk støtte og tryggleik, bør komme til uttrykk i støtteordninga på ein tenleg måte. I all hovudsak er ordninga for studentar ei universell velferdsordning som skal medverke til at alle har eit likt grunnlag for livsopphald under utdanninga.

For at dei skal ha ei reell moglegheit til fritt å velje utdanning, kan einskilde grupper ha behov for meir tilrettelegging i utdanningsstøtteordninga. Dette gjeld mellom anna søkjarar med redusert funksjonsevne, studentar som er sjuke over lang tid, og studentar med barn. Derfor har det i dei seinaste åra vore ein klar profil på dei tiltaka departementet har foreslått for Stortinget når det gjeld utdanningsstøtteordninga.

Studentar som ikkje har moglegheit til å arbeide ved sida av utdanninga på grunn av nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming, kan få utvida støtteperioden til tolv månader. I tillegg kan dei få eit ekstra månadleg stipend. Om lag 1 430 personar har fått slik støtte sidan ordninga vart introdusert i 2011. Vidare kan studentar med nedsett funksjonsevne som er forseinka ut over eitt år på grunn av manglande tilrettelegging i studiesituasjonen, få tildelt basisstøtta som stipend. Dette stipendet har vore nytta av ti personar sidan 2011. Desse tiltaka skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne får høve til å ta høgre utdanning, og hindre at dei får større gjeld etter fullført utdanning.

Når det gjeld arbeid med forbetringar for einskilde grupper, må ein òg sjå situasjonen i samanheng med dekninga frå andre velferdsordningar som skal sikre sosial utjamning, som ytingar frå folketrygda eller ytingar frå fylkeskommunen eller kommunen.

I 2012 og 2013 har Kunnskapsdepartementet fått ei betre oversikt over korleis støtteordningane blir brukte. Departementet har fått undersøkt kva for vilkår, mellom anna økonomiske, studentane i høgre utdanning lever under. Sjå omtale av levekårsundersøkinga frå Statistisk sentralbyrå (SSB) under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Levekårsundersøkinga viser at støtteordningane blir mykje brukte: Heile ni av ti studentar i høgre utdanning mottek utdanningsstøtte frå Lånekassen. Delen som utdanningsstøtta utgjer av den disponible inntekta til studentane, har likevel gått ned sidan 2005, som er førre gangen levekåra til studentane vart analyserte. 60 pst. av studentane jobbar ved sida av studia. Om ein tek med feriane, har ni av ti studentar hatt yrkesinntekt i løpet av 2010. Desse inntektene utgjorde meir enn halvparten av totalbeløpet studentane hadde til disposisjon. Over halvparten av studentane har motteke økonomisk støtte frå familien til dekning av utgifter siste år.

Bustadutgiftene til studentane har auka med 16 pst. nominelt frå 2005 til 2010. I den same perioden har regjeringa prioritert å løyve pengar til å byggje fleire rimelege studentbustader. Utdanningsstøtta har vorte auka med ei årleg prisjustering for å halde oppe kjøpekrafta.

Kunnskapsdepartementet har vidare fått undersøkt i kor stor grad utvalde delar av utdanningsstøtteordningane, både for vidaregåande opplæring og for høgre utdanning med meir, verkar i tråd med formålet med ordningane. Proba samfunnsanalyse leverte ein rapport vinteren 2013 som analyserer grunnstipendet og bustipendet i støtteordninga for den vidaregåande opplæringa, ordninga med omgjering av lån til stipend (konvertering) for studentar og innretninga av hovudreglane for rentefritak og betalingsutsetjing for tilbakebetalarar. For grunnstipendet, som skal vere eit supplement til økonomien for familiar med særleg svak økonomi, fann Proba at dei som mottek det behovsprøvde grunnstipendet, i snitt kjem frå hushald med lågt inntektsnivå. Dei fann vidare at det er ein positiv samanheng mellom det å få grunnstipend og å fullføre vidaregåande opplæring innan tre år, kontrollert for andre samanhengar. Ifølgje Proba har derimot bustipendet (som ikkje er behovsprøvd mot foreldreinntekt) inga slik dokumentert effekt. Proba peikte på at innretninga av grunnstipendet bør ta meir omsyn til talet på personar som eleven lever i lag med.

Konverteringsordninga, som vart innført som ein del av Kvalitetsreforma, har til formål å bidra til auka studieprogresjon for studentane. Analysen konkluderer med at Kvalitetsreforma samla sett har bidratt til auka studieprogresjon, men at det ikkje er mogleg å skilje mellom verknaden av konverteringsordninga og verknaden av andre element i reforma. Proba fann òg at studentar som kommer frå høgre sosioøkonomiske grupper, nyttar utdanningsstøtteordninga meir enn studentar frå lågare sosioøkonomiske grupper. Dei meiner likevel at Kvalitetsreforma har redusert denne forskjellen.

Ordningane med rentefritak og betalingsutsetjing blir nytta av dei som har dårleg råd og svak evne til betaling, noko som er i tråd med formålet. Analysen viser òg at det er eit potensial for at ordningane kan nå fram til fleire. Det finst truleg personar som kvalifiserer til slike betalingslettar, men som ikkje søkjer.

Dei som får utdanningslånet sitt overført til Statens innkrevjingssentral (SI) på grunn av at dei lèt vere å betale i minst tre år, har i snitt ein svært svak økonomi.

Departementet vurderer rapporten slik at dei fleste ordningane treff dei gruppene dei er meinte å treffe, mens det for enkelte ordningar er potensial for forbetringar for å bli meir målretta.

Både Levekårsundersøkinga blant studentar og rapporten frå Proba samfunnsanalyse har gitt eit betre kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere generelle og meir spesielle forbetringstiltak.

Mål: Utdanningsstøtteordningane medverkar til internasjonalisering av utdanning og forsking

Tilstandsvurdering

For å nå dei måla om auka internasjonalisering som er nedfelte mellom anna i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning, er det ein føresetnad at det er tilstrekkeleg mange som har økonomisk moglegheit til å ta utdanning utanfor Noreg. Utdanningsstøtteordningane gjennom Lånekassen er eit sentralt verkemiddel for å få til dette. I internasjonal målestokk har Noreg svært gode økonomiske ordningar for studentar som vel å ta utdanning i utlandet. Det er likevel grunn til å arbeide vidare med å redusere dei barrierane som finst for å velje utdanning i utlandet, særleg i ikkje-engelskspråklege land.

Det har aldri tidlegare vore så mange norske studentar i utlandet som i undervisningsåret 2011–12. Da valde heile 23 442 studentar å ta enten heile eller delar av graden sin i utlandet. Medan det på midten av 2000-talet var ein liten nedgang i talet på studentar i høgre utdanning i utlandet, har det vore ein stabil vekst i talet i dei siste åra. Det har særleg vore ein auke i talet på gradsstudentar i denne perioden, men talet på delstudentar har òg auka noko. I 2011–12 var det 15 328 søkjarar som fekk støtte til ein heil grad i utlandet, medan 8 114 fekk støtte til å ta ein del av graden i utlandet. Tilsvarande tal frå 1. august 2013 viser at 16 260 gradsstudentar og 8 116 delstudentar fekk støtte frå Lånekassen i 2012–13.

Talet på studentar i utlandet har endra seg i takt med talet på støttemottakarar totalt i Lånekassen. Dette tyder på at generelle endringar i talet på studentar blir reflekterte i dei søkjartala som gjeld støtte til utdanning i utlandet. Det er ein relativt stabil del av støttemottakarane som mottek støtte til høgre utdanning i utlandet. I undervisningsåret 2011–12 var det 13,2 pst. av støttemottakarar totalt som mottok støtte til høgre utdanning i utlandet, medan den tilsvarande delen var 13,8 pst. i undervisningsåret 2012–13.

Ein trygg økonomisk basis er viktig for å velje utdanning i utlandet, men utdanningsstøtteordninga vil aldri kunne vere det einaste verkemiddelet for å få nokon til å velje utdanning i utlandet framfor utdanning i Noreg. Ein må sjå dei økonomiske støtteordningane i samanheng med mellom anna styrkt satsing på informasjon og meir praktisk hjelp til å søkje seg til utdanning i utlandet.

Når det gjeld internasjonalisering av grunnopplæringa, er hovudmålsetjinga å auke talet på elevgrupper som får høve til å ta eit skoleår ved ein utanlandsk vidaregåande skole, i samarbeid med ein norsk vidaregåande skole. I 2013 er kvalitetssikringa vorte styrkt når det gjeld korte studieopphald i utlandet gjennom godkjende utvekslingsorganisasjonar og godkjende samarbeidsprogram mellom norsk vidaregåande skole og utanlandsk skole. Departementet fastsette 8. juli 2013 ei eiga forskrift for godkjenning av utdanningsstøtte til desse studieopphalda. Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) fekk 1. august 2013 oppdraget med å forvalte godkjenningsordninga for støtte. Det vil framleis vere Lånekassen som utbetaler støtta til den enkelte eleven.

Støtteordninga for studentar frå utviklingsland, land på Vest-Balkan, i Aust-Europa og i Sentral-Asia (kvoteordninga) bidrar til internasjonalisering av utdanning og forsking både i mottakarlanda og i Noreg. Kvoteordninga gjeld 1 100 studieplassar per år, vesentleg på master- og ph.d.-nivå. Av desse er 800 for studentar frå utviklingsland, og 300 for studentar frå land på Vest-Balkan, i Aust-Europa og i Sentral-Asia.

Målsetjinga er å medverke til kompetansebygging i mottakarlanda. Gjennom studentmobilitet til norske universitet og høgskolar skal ordninga auke kompetansen til studentane, og samtidig knytte institusjonar og næringsliv i mottakarlanda til det globale kunnskapssamfunnet. Ordninga skal samtidig bidra til å styrkje det internasjonale samarbeidet til norske høgre utdanningsinstitusjonar. Institusjonssamarbeidet under kvoteordninga skal skje i samband med anna internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid. I 2013 startar ei evaluering av ordninga. Resultata av evalueringa vil liggje føre i 2014.

Mål: Utdanningsstøtteordningane medverkar til at arbeids- og næringsliv har tilgang på kompetanse og utdanna arbeidskraft

Tilstandsvurdering

Utdanningssektoren må svare på dei behova arbeidslivet har for kunnskap og kompetanse. Noreg vil i framtida trenge fleire personar med relevant fagopplæring og med høgre utdanning. Ifølgje SSB har nesten kvar tredje person i aldersgruppa over 16 år no utdanning på universitets- og høgskolenivå. Brorparten av desse har motteke støtte frå Lånekassen under utdanninga. Utdanningsstøtta er også viktig for å sikre elevar moglegheit til å ta vidaregåande opplæring og fagopplæring.

Støtteordningane skal sikre at elevar og studentar har økonomisk moglegheit til å ta utdanning som seinare kan nyttast i arbeidslivet. Utdanningsstøtta er lik for alle på den måten at det blir gitt det same støttebeløpet, uavhengig av kva slags utdanning ein student tek. Dette medverkar til at det blir utdanna eit breitt spekter av mellom anna fagarbeidarar, ingeniørar, lærarar og legar i Noreg og i utlandet. Lån og stipend skal gi elevar og studentar midlar å leve for under utdanninga, medan omgjering av lån til stipend og rentefritak på grunn av utdanning er subsidieelement som skal sikre dei som har avslutta ei utdanning, mot for stor gjeldsbyrde. Det finst også tryggleiksmekanismar i støtteordninga knytte til rentefritak ved for eksempel arbeidsløyse, og ettergiving av lån ved varig uførleik. Dette bidrar til at unge ikkje vel bort utdanning fordi dei er bekymra for høg gjeld etter avslutta utdanning.

Ordninga med ettergiving av lån for visse lærarutdanningar skal bidra til å auke rekrutteringa av studentar til visse fag og emne med spesiell etterspurnad. Vidare finst det reglar i utdanningsstøtteordninga som skal hjelpe til med å sikre spesiell kompetanse på særskilde stader, for eksempel ordninga med delvis sletting av utdanningslån for låntakarar som er busette i og utøver eit yrke i Finnmark og enkelte kommunar i Nord Troms (Finnmarksordninga). Finnmarksordninga er eitt av verkemidla i tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms. Området dekkjer heile Finnmark fylke og sju kommunar i Nord-Troms (Karlsøy, Lyngen, Storfjord, Gáivuotna – Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen). Målet med tiltakssona er å medverke til å gjere området attraktivt for busetjing, arbeid og næringsverksemd. Som ledd i ein større gjennomgang av utviklingstrekka og verkemidla i tiltakssona vart Finnmarksordninga evaluert i 2012 av Norut. Evalueringa gav eit positivt resultat. Dette og andre personretta tiltak er blant dei som har størst effekt på rekruttering til og stabilisering av busetnad, særleg for dei med høgre utdanning.

Det finst òg element i utdanningsstøtteordninga som skal medverke til raskare gjennomstrøyming av studentar på lærestadene, for eksempel ordninga med omgjering av lån til stipend (konverteringsordninga). Dette skal freiste å gi samfunnet kompetansen så raskt som mogleg.

Delen støttemottakarar i Lånekassen som er 25 år og eldre, var i 2012–13 om lag 18 pst., mens delen studentar i høgre utdanning som var 26 år og eldre våren 2013, var om lag 34 pst. ifølgje SSB. Dette kan tyde på at utdanningsstøtteordningane framfor alt blir nytta til å skaffe seg ei første kompetansegivande utdanning. Relativt få vaksne tek opp lån for å skaffe seg ei grunnopplæring eller ei vidaregåande opplæring. Utdanning på deltid er meir utbreidd blant dei eldre studentane i høgre utdanning, og delen som vel deltidsutdanning, stig med alderen. I aldersgruppa 20–24 år var det berre 2,6 pst. som valde deltidsutdanning i 2012–13, medan heile 44 pst. av dei som tok høgre utdanning i aldersgruppa 40–44 år, tok utdanning på deltid. Sjølv om talet på deltidsstudentar har vore stabilt i dei seinare åra, utgjer dei ein mindre del av alle støttemottakarane.

Strategiar og tiltak

Levekårsundersøkinga viser at delen til utdanningsstøtta av den disponible inntekta til studentane har gått ned, at utgiftene til bustad har auka monaleg og at ni av ti studentar har yrkesinntekt ved sida av utdanninga. Regjeringa meiner at det er behov for å auke utdanningsstøtta for betre å leggje til rette for å studere på heiltid. Regjeringa legg derfor opp til at basisstøtta skal utbetalast i elleve månader per undervisningsår frå og med 2014–15. Tiltaket inneber at det vil bli gitt utdanningsstøtte til studentar og andre som får støtte etter same regelverk, som studentar i fagskole å folkehøgskoleelevar, i ein månad meir enn i dag. Siste utbetaling vil vere i juni. Vidare blir alle satsar foreslått auka med 1,7 pst. for å kompensere for prisutviklinga elles i samfunnet. Det blir derfor òg foreslått å auke basisstøtta frå 9 440 kroner i månaden for undervisningsåret 2013–14 til 9 600 kroner i månaden for undervisningsåret 2014–15. Desse to forslaga til saman gjer at det årlege støttebeløpet blir lyfta frå 94 400 kroner i 2013–14 til 105 600 kroner i 2014–15.

I Soria Moria-erklæringa har regjeringa prioritert å styrkje utdanningsfinansieringa for studentar med barn. Regjeringa legg derfor opp til å utvide foreldrestipendperioden frå 44 til 49 veker for barn fødde 15. august 2014 eller seinare. Tiltaket inneber at perioden det kan tildelast foreldrestipend gjennom Lånekassen blir like lang som perioden det kan tildelast foreldrepengar gjennom folketrygda.

For å betre kåra for studentforeldra foreslår Kunnskapsdepartementet å redusere oppteningstida for foreldrestipendet med to månader, slik at eleven eller studenten må ha vore i utdanning dei siste fire månadene før fødselen eller adopsjonen for å ha rett til stipendet. I dag må eleven eller studenten ha vore i utdanning i dei siste seks månadene. Tiltaket vil medverke til at fleire studentar som er gravide når dei startar utdanninga vil få rett til foreldrestipendet.

Regjeringa meiner det er viktig at det er samsvar mellom satsen for utstyrsstipendet i den vidaregåande opplæringa og dei utgiftene elevane har til naudsynt utstyr i opplæringa. Regjeringa foreslår derfor å løyve 32 mill. kroner til ei styrking av utstyrsstipendet. Stipendet har tre ulike satsar avhengig av utdanningsprogrammet eleven er teken opp til. I 2013-14 er lågaste satsen 930 kroner, mellomste sats 2 060 kroner og høgste sats 2 970 kroner. Elevar i utdanningsprogramma elektrofag, musikk, dans og drama og studiespesialisering med fordjuping i formgivingsfag og studiespesialisering med toppidrett som fag frå andre programområde, vil bli lyfte frå lågaste sats til mellomste sats. Den høgste satsen vil bli auka med om lag 600 kroner til 3 500 kr. Dette vil komme elevar i utdanningsprogramma idrettsfag, design og handverk og restaurant- og matfag til gode. Departementet tek sikte på å gjennomføre ei ny kartlegging av utgiftene elevane har til individuelt utstyr i vidaregåande opplæring. På bakgrunn av denne kartlegginga vil regjeringa vurdere nye tiltak for at det skal vere best mogleg samsvar mellom dei utgiftene elevane har og storleiken på stipendet.

Kunnskapsdepartementet arbeider vidare med å følgje opp dei tiltaka for utdanningsstøtteordninga som vart varsla i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning. Tiltaka gjeld både grunnopplæringa og høgre utdanning, og målet vil vere å leggje til rette for at elevar og studentar kan delta i undervisningsopplegg av høg kvalitet i utlandet. Departementet foreslår som ledd i dette arbeidet å utvide ordninga med støtte til det første året i bachelorutdanning av høg kvalitet i land der dette året ikkje er på nivå med norsk høgre utdanning, til også å gjelde freshman-året i USA. Det vil bli gitt støtte til freshman-året ved lærestader i USA som er rangerte på dei same internasjonalt anerkjende rankinglistene som blir nytta i denne ordninga i dag.

Arbeidet med å følgje opp rapporten frå Proba samfunnsanalyse har starta, og i første rekkje gjeld dette grunnstipendet. Departementet meiner at stipendet ikkje er treffsikkert nok når om lag 40 pst. av elevane i vidaregåande opplæring står som mottakarar. Samtidig er stipendet viktig for mange elevar og familiane deira. Før departementet kan foreslå større endringar i innretninga av grunnstipendet, vil departementet derfor vurdere nøye konsekvensane av endringar. Departementet har sett i gang eit arbeid med å greie ut endringar i innretninga av grunnstipendet.

Som eit første tiltak for å auke treffsikkerheita for stipendet foreslår departementet å justere inntektsgrensene for behovsprøvinga. Forslaget fører til at færre elevar vil få stipendet enn i dag, men skjermar dei med dei lågaste familieinntektene. Sjå nærmare omtale under budsjettforslaga under kap. 2410.

Kunnskapsdepartementet foreslår at ordninga med gradert sjukestipend som vart innførd som ei førebels ordning i 2011, blir permanent frå og med kalenderåret 2014.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 45

313 811

311 764

334 991

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

149 894

203 027

85 220

50

Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

5 173 731

5 411 262

5 366 145

70

Utdanningsstipend, overslagsløyving

3 009 103

2 969 578

3 140 390

71

Andre stipend, overslagsløyving

662 880

660 184

745 268

72

Rentestøtte, overslagsløyving

877 082

846 018

960 073

73

Avskrivingar, overslagsløyving

623 531

440 520

488 349

74

Tap på utlån

243 643

322 500

259 000

76

Startstipend for kvotestudentar, overslagsløyving

8 540

8 056

8 860

90

Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

19 715 262

20 230 643

21 610 805

Sum kap. 2410

30 777 477

31 403 552

32 999 101

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på post 01 omfattar midlar til drift av Lånekassen. Løyvinga på post 45 gjeld midlar til fornyingsarbeidet i Lånekassen.

Mål for 2014

Lånekassen skal forvalte utdanningsstøtteordningane på ein effektiv, sikker og kvalitativt god måte. Samtidig skal Lånekassen tilby kundane effektive og tilgjengelege løysingar. Lånekassen skal nå måla for fornyingsarbeidet innanfor dei rammene for kostnad, kvalitet og tid som er fastsette i gjeldande styringsdokument.

Rapport for 2012

I 2012 nådde Lånekassen alle dei måla departementet hadde sett for sakshandsaminga og for kontakten med studentar, elevar, lærlingar og dei som er i ein tilbakebetalingsfase. Gjennomsnittleg tid for sakshandsaming vart sju dagar for søknader om støtte, og seks dagar for søknader om betalingsutsetjing. Svartida for elektronisk post vart seks dagar. 90 pst. av dei som ringde til Lånekassen i 2012, fekk svar.

Lånekassen kan òg vise til gode resultat knytte til effektiv sakshandsaming og til digitalisering av sakshandsaminga. Lånekassen hentar mange opplysningar frå andre etatar. I 2012 vart det mellom anna etablert eit nytt grensesnitt mot Nav, slik at kundane som søkjer om rentefritak på grunn av arbeidsløyse eller fordi dei får arbeidsavklaringspengar, ikkje lenger sjølve må sende inn dokumentasjon. Lånekassen hentar no elektroniske data direkte frå Nav.

Gjennom fornyingsprogrammet LØFT skal Lånekassen bytte ut alle IKT-systema sine, og tilpasse organisering og arbeidsformer til nye oppgåver og behov. Måla om monalege betringar innanfor informasjon, tilgjenge, fleksibilitet, effektivitet og sikkerheit er i stor grad nådde allereie. Etter gjeldanda styringsdokument skal programmet avsluttast medio 2014. Måla som gjeld for IKT-fornyinga i 2012, vart nådde. Kostnadsramma og styringsramma for fornyingsprogrammet vart auka med 4,9 mill. kroner i 2012, som kompensasjon for at det vart lagt fleire oppgåver enn tidlegare planlagt inn i prosjektet, jf. Innst. 111 S (2012–2013) og Prop. 37 S (2012–2013). Kostnadsramma, som vart vedteken i statsbudsjettet for 2008, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2007–2008), er ikkje endra ut over dette sidan IKT-fornyinga starta opp. Styringsdokumentet for fornyingsprogrammet vart revidert på ny våren 2013. Styringsramma for programmet vart da auka med 1,2 mill. kroner. Usikkerheitsavsetninga i fornyingsprogrammet er no 28,8 mill. kroner. Den tredje og største av dei fire hovudleveransane som IKT-fornyinga består av, vart sett i produksjon våren 2013. Den siste hovudleveransen skal etter gjeldande plan setjast i produksjon medio 2014.

Budsjettforslag for 2014

Lånekassen har i dei siste åra redusert midlane til drift, vedlikehald og vidareutvikling av IKT-systema sine monaleg. Dette er gjort for å frigjere midlar til eigenfinansiering av fornyingsprogrammet LØFT, og fordi det ikkje har vore naudsynt med større investeringar i IKT-systemet som er under utfasing. Når det nye IKT-systemet er ferdig i 2014, er det naudsynt å auke midlane til drift og vidareutvikling til det nye IKT-systemet. For å sikre at ein framleis har god kundeservice og effektiv sakshandsaming, foreslår Kunnskapsdepartementet derfor å styrkje løyvinga på kap. 2410 post 01 med 12,8 mill. kroner.

I samband med sluttføringa av det nye IKT-systemet i Lånekassen ønskjer Kunnskapsdepartementet å gjennomføre enkelte endringar i ordningane for tilbakebetaling av utdanningslån. Endringane vil gi auka fleksibilitet for låntakarane, og skal etter planen gjelde frå medio 2014. Kunnskapsdepartementet foreslår å innføre månadlege terminforfall, i staden for kvartalsvise forfall som i dag. Dette vil medføre større utgifter til utsending av betalingsvarsel. Kunnskapsdepartementet foreslår å kompensere for desse kostnadene ved å styrkje løyvinga på kap. 2410 post 01 med 7,7 mill. kroner i 2014, og 15,1 mill. kroner frå og med 2015. Vidare foreslår departementet å finansiere denne auken ved å endre termingebyret for førstegongsvarselet frå 35 kroner per kvartal til 18 kroner per månad. Det vil gi ein forventa auke i gebyrinntektene på kap. 5310 post 29 med 7,7 mill. kroner i 2014 og 15,1 mill. kroner frå og med 2015.

Lånekassen vil i løpet av 2014 tilby kundane å nytte AvtaleGiro. For å fremme bruken av effektive elektroniske betalingsløysingar skal det ikkje leggjast termingebyr på betalingsvarsel til kundar som nyttar AvtaleGiro, tilsvarande ordninga som gjeld i dag for kundar som nyttar eFaktura. Lånekassens kundar vil òg kunne velje andre forfallsdatoar for terminforfall enn den 15. i månaden, som er den faste forfallsdatoen i dag.

Kunnskapsdepartementet vil fjerne regelen om minste terminbeløp frå berekninga av betalingsplan for nye tilbakebetalarar i Lånekassen. Med dette vil ein fjerne eit unødig kompliserande ledd i berekninga av nedbetalingsplanen. Fastsetjinga av betalingsplanen vil med dette bli enklare og meir føreseieleg, og kun gi små eller inga endringar i nye betalingsplanar for låntakarar med låg eller middels gjeld. Endringa vil ikkje gi utslag for låntakarar med høg gjeld.

Kunnskapsdepartementet vil endre ordninga for betalingsutsetjing. I dag gir ei betalingsutsetjing lengre nedbetalingstid for lånet. Terminbeløpet vil kun bli auka dersom det ikkje er anledning til å auka nedbetalingstida ytterlegare. Den nye ordninga inneber at betalingsutsetjing i ein termin fører til at nedbetalingstida blir forlengd med ein termin, og at terminbeløpet blir auka tilsvarande. Departementet vil òg fjerne regelen om at nytt terminbeløp ikkje kan overstige ein og ein halv gonger opprinneleg terminbeløp.

Med innføring av månadlege terminforfall vil kvart enkelt terminbeløp bli langt lågare enn i dag. Behovet for ordningane med midlertidig betalingsutsetjing og betalingsutsetjing av halve terminbeløpet blir derfor kraftig redusert, og departementet vil fjerne desse ordningane. Til saman vil dette gi ei enklare og meir føreseieleg ordning for betalingsutsetjing.

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 2410 post 45 med 119,8 mill. kroner, i tråd med gjeldande finansieringsplan for LØFT-programmet.

Dei utgiftene Lånekassen har til eID på høgt tryggleiksnivå er dekte gjennom rammeoverføring til Direktoratet for forvaltning og IKT, basert på det forventa talet på transaksjonar per verksemd og kostnader per transaksjon. Dei utgiftene Lånekassen venter å ha i 2014 er berekna til å bli 0,4 mill. kroner, mot 1,4 mill. kroner i saldert budsjett for 2013. Departementet foreslår derfor at det overførast om lag 1 mill. kroner til kap. 2410 post 01 frå kap. 1560 Direktoratet for forvaltning og IKT, post 22 Betaling av eID til private leverandører. Sjå omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 5310 post 03, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Kunnskapsdepartementet vil disponere delar av løyvinga på posten. Delen til departementet vil som i tidlegare år bli nytta til departementet si eksterne kvalitetssikring av fornyingsarbeidet i Lånekassen. Denne delen vil også bli nytta til å dekkje lønn i retrettstillinga til Lånekassens førre administrerande direktør, som avslutta den andre åremålsperioden sin i 2012.

Kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617

Løyvinga på desse postane utgjer støttebudsjettet til Lånekassen. Endringar i Lånekassens støtteordningar har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtalt samla. I tillegg blir dei enkelte postane omtalte kvar for seg lenger nede i teksten.

Mål for 2014

Sjå omtale av måla for utdanningsstøtteordninga for 2014 under kategoriomtalen.

Rapport for 2012

Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tek utdanning. Støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. Lånekassen hadde per 31. desember 2012 om lag 950 000 kundar. Av desse er om lag 577 300 i tilbakebetalingsfasen. I undervisningsåret 2012–13 var det om lag 491 300 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning (inkludert norske studentar i utlandet). Om lag 392 600 personar mottok støtte frå Lånekassen.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2012–13 på 23 mrd. kroner. Av dette vart 3,8 mrd. kroner utbetalte som stipend, sjå tabell 4.19 for fordeling på dei ulike stipendformene. 19,2 mrd. kroner vart i undervisningsåret 2012–13 utbetalte som lån.

I kalenderåret 2012 vart om lag 3,7 mrd. kroner betalte ut som stipend. I tillegg vart om lag 5 mrd. kroner konverterte frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla utgiftene knytte til stipend i 2012 vart dermed på om lag 8,7 mrd. kroner.

I tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i tala på kundar i Lånekassen og hovudtal både for dei kundane som får støtte, og for dei som er i ein tilbakebetalingsfase.

Tabell 4.17 Hovudtal for tildeling til vidaregåande opplæring

2009–10

2010–11

2011–12

2012–13

Tal på elevar i vidaregåande opplæring1

228 097

228 223

232 291

235 820

Tal på elevar med ungdomsrett 2

200 638

201 012

206 270

208 959

Tal på støttemottakarar med ungdomsrett

157 312

168 440

172 452

177 636

Sum stipend (i mill. kroner)

2 323

2 443

2 488

2 579

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

14 795

14 530

14 456

14 556

Sum lån (i mill. kroner)

143

153

158

173

Gjennomsnittslån (i kroner)

15 402

15 820

15 929

16 837

1 Talet er henta frå SSB og syner alle elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring, uavhengig av alder, rett til opplæring, osv.

2 Talet gjeld elevar og lærlingar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring.

Tabell 4.18 Hovudtal for tildeling høgre utdanning m.m.

2009–10

2010–11

2011–12

2012–13

Tal på studentar i høgre utdanning 1

227 188

232 912

244 922

255 528

Tal på støttemottakarar i høgre utdanning

155 876

164 620

170 861

176 729

Tal på andre støttemottakarar 2

32 771

36 484

37 357

38 280

Sum lån (inkludert konverteringsstipend)

15 529

16 956

18 026

19 076

Gjennomsnittslån (i kroner)

82 983

84 969

87 190

89 422

Utbetalt konverteringsstipend 3

4 308

4 473,5

4 629,7*

n/a

Sum andre stipend (i mill. kroner)

903

943

1 105

579

1 Tal på studentar i høgre utdanning frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) og Lånekassens tal på studentar i utlandet.

2 Tala gjeld studentar i fagskolar, folkehøgskolar, bibelskolar, korte yrkesretta utdanningar samt elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring utan ungdomsrett.

3 Utbetalt stipend etter kontroll av inntekt og formue mot skattelikninga. Status per 31.12.2012. * Likningskontroll for 2012 er ikkje gjennomført. Det vil bli ein reduksjon i stipend utbetalte for vårsemesteret 2012 når likningskontroll er gjennomført.

Tabell 4.19 Fordeling av ulike stipendformer i dei to siste undervisningsåra

Tal på stipend

Stipend i mill. kroner

2011–12

2012–13

2011–12

2012–13

Grunnstipend

70 522

70 734

1 090

1 127

Bustipend

30 603

30 691

1 085

1 109

Utstyrsstipend

165 544

170 533

209

219

Flyktningstipend

1 186

1 804

69

108

Stipend til skolepengar

13 953

14 883

367

403

Tilleggsstipend til skolepengar i utlandet

1 139

1 385

31

41

Stipend til skolepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar

493

690

34

44

Språkstipend

493

533

8

9

Reisestipend, Noreg og Norden

56 958

58 461

67

71

Reisestipend, utanfor Norden

21 770

23 043

123

131

Sjukestipend 1

846

750

21

19

Foreldrestipend 1

3 297

2 938

197

177

Forsørgjarstipend

17 241

17 664

271

280

Startstipend til kvotestudentar

453

468

n/a

9

Stipend til søkjarar med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming

510

1 332

15

38

Totalt

385 008

395 441

3 587

3 785

1 Omgjering av lån til stipend ved sjukdom og fødsel skjer i ettertid. Det betyr at det ikkje ligg føre endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av undervisningsåret. For undervisningsåret 2011–12 vart det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 40 mill. kroner, og ved fødsel 233 mill. kroner.

Tabell 4.20 Hovudtal for lån og renter i dei siste fire åra

2009

2010

2011

2012

Tal på tilbakebetalande låntakarar

538 494

547 617

560 699

577 258

Renteberande lån (i mill. kroner)

76 407

79 856

84 349

89 331

Betalte renter (i mill. kroner)

3 694

2 617

2 797

2 645

Avdrag (i mill. kroner)

4 819

5 501

5 629

5 656

Ettergitt/avskrive (i mill. kroner)

232

420

278

6001

Rentestøtte (i mill. kroner)

1 388

810

974

877

Uteståande lån (i mill. kroner)

104 074

109 982

116 736

124 032

Uteståande renter

2 627

2 396

2 329

2 113

1 Dette talet gjeld også avskrivingar der søknaden vart motteken hausten 2011. Ein feil i sakshandsamingssystemet til Lånekassen hausten 2011 førte til at handsaminga av fleire søknader om avskriving som var komne inn i 2011, måtte utsetjast til 2012.

For å halde oppe kjøpekrafta til studentane har regjeringa kvart år auka satsane for å kompensere for prisutviklinga elles i samfunnet. I undervisningsåret 2012–13 vart alle satsane i utdanningsstøtteordningane auka med to pst.

I undervisningsåret 2012–13 vart det innført fleire tiltak for å betre høva for fleire ulike grupper elevar og studentar.

Ungdom som er forsørgde av barnevernet, og som er i ettervern, og som bur i fosterheim eller i barnevernsinstitusjon, fekk rett til utdanningsstøtte til høgre utdanning med meir. I alt 16 studentar med slik bakgrunn mottok støtte frå Lånekassen i 2012–13.

I 2012 vart det innført ei forsøksordning med støtte til språkutdanning i opptil eitt år i Kina og Russland, for å stimulere til å ta høgre utdanning i desse landa. Per mai 2013 har tolv studentar fått støtte til språkkurs i Kina. Elleve av dei har teke eit kurs som varar i eitt år. Ingen har fått støtte til språkkurs i Russland.

Det vart òg innført støtte til det første året i bachelorgraden ved utvalde lærestader av høg kvalitet i Brasil, Russland, India og Kina (BRIK-landa). Lærestadene må vere plasserte på internasjonalt anerkjende rangeringslister for utdanningsinstitusjonar. Ordninga har så langt ikkje vore mykje brukt: Ein student har fått støtte i 2012–13 til slik utdanning i Kina.

Det vart sett ein tidsfrist for å sende inn eksamensresultat som kan leggjast til grunn for konvertering. Utgangspunktet for åtteårsfristen for konvertering både bakover og framover i tid vart sett slik at han blir rekna frå det tidspunktet Lånekassen tek imot eksamensresultata frå søkjaren. Lånekassen har per mai 2013 registrert berre éin søkjar som på grunn av denne fristen ikkje har fått delar av lånet konvertert til stipend.

Departementet vil rapportere i budsjettproposisjonen for 2015 om to endringar i behovsprøvinga av utdanningsstipendet. Dette gjeld behovsprøvinga mot kapitalinntekter, med unntak av renteinntekter frå bustadsparing for ungdom (BSU), dessutan hevinga av innslagspunktet for behovsprøving mot formue. Det er ikkje mogleg å rapportere nå om korleis desse endringane har slått ut, på grunn av at sjølve behovsprøvinga for 2012 først skjer i oktober 2013, når likningstala er klare.

Det vart innført ei tidsbegrensa ordning med gradert sjukestipend for studentar som er minst 50 pst. sjukemelde hausten 2011. For 2011–12 har Lånekassen innvilga totalt 1 434 søknader om sjukestipend. Delen av desse som gjeld gradert sjukestipend, er om lag ti pst., eller i underkant av 145 søknader. For 2012–13 er det så langt innvilga nokre fleire stipend samanlikna med same tid året før, men delen gradert sjukestipend er om lag den same.

For å fremme auka internasjonalisering vart det opna for støtte til tre elevgrupper i vidaregåande opplæring for å ta korte studieopphald i utlandet. Dette gjeld samarbeidet Hordaland fylkeskommune har med fem skolar i Frankrike, samarbeidet Møre og Romsdal fylkeskommune har med ein skole i Skottland, og samarbeidet mellom Storhamar videregående skole i Hedmark og tre skolar i Canada. Retten til støtte har vore nytta for dei elevane dette gjeld.

Budsjettforslag for 2014

Forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, som skal gjelde for undervisningsåret 2014–15, og forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar, som skal gjelde for kalenderåret 2014, blir sende ut til alminneleg høyring medio oktober 2013. Forslaget til forskrift er i tråd med budsjettforslaget.

Regjeringa legg opp til at basisstøtta til studentar i høgre utdanning, og andre som får støtte etter same regelverk, som fagskolestudentar og elevar i folkehøgskole, skal bli gitt i elleve månader per undervisningsår. Dette inneber at det vil bli ei utbetaling meir med basisstøtte enn i dag i vårsemesteret. Siste utbetaling vil skje i juni. Mange studentar arbeider mykje ved sida av studia, og forslaget vil bidra til at fleire studentar kan bruke meir tid på å studere framfor å arbeide. Fordi siste utbetaling av støtte i dag er 15. mai, får ein del studentar økonomiske utfordringar i dei første vekene av sommarferien. Ei ekstra utbetaling i juni vil kunne redusere desse problema. Fordi den ekstra utbetalinga blir i juni 2015, har ikkje tiltaket budsjetteffekt i 2014. For 2015 er budsjetteffekten berekna til 586,4 mill. kroner i auka avsetning til stipend samt rentestøtte. I tillegg kjem auka utlån på 1,818 mrd. kroner. Regjeringa foreslår òg å auke basisstøtta til 9 600 kroner i månaden. Desse to forslaga til saman gjer at det årlege støttebeløpet blir lyfta frå 94 400 kroner i 2013–14 til 105 600 kroner i 2014–15.

I tråd med Soria-Moria erklæringa prioriterer regjeringa òg å styrkje utdanningsfinansieringa for studentar med barn. Regjeringa legg derfor opp til at foreldrestipendperioden blir utvida frå 44 til 49 veker for barn fødde 15. august 2014 eller seinare. Tiltaket inneber at perioden det kan tildelast foreldrestipend gjennom Lånekassen blir like lang som perioden det kan tildelast foreldrepengar gjennom folketrygda. Forslaget har først budsjetteffekt i 2015, og er då berekna å koste om lag 22,3 mill. kroner. Løyvingsbehovet i 2016 er berekna til 40,6 mill. kroner.

For å betre kåra for studentforeldra, foreslår Kunnskapsdepartementet at oppteningstida for foreldrestipendet blir redusert frå seks til fire månader. Tiltaket vil redusere risikoen for at studentar som går over frå arbeid til utdanning, eller som nettopp har starta utdanninga, skal stå utan rettar til verken foreldrepengar frå Nav eller foreldrestipend frå Lånekassen. Departementet foreslår å auke løyvinga med 600 000 kroner som følgje av forslaget. Det framtidige løyvingsbehovet vil auke med 5,3 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å styrkje løyvinga til utstyrsstipendet med 32 mill. kroner for å få betre samsvar mellom stipendsatsen og dei utgiftene elevane har. Stipendet har tre ulike satsar avhengig av utdanningsprogrammet eleven er teken opp til. Elevar i utdanningsprogramma elektrofag, musikk, dans og drama og studiespesialisering med fordjuping i formgivingsfag eller med toppidrett som fag frå andre programområde, vil bli lyfte frå lågaste sats til mellomste sats. Den høgste satsen vil bli auka med om lag 600 kroner til 3 500 kroner. Dette vil komme elevar i utdanningsprogramma idrettsfag, design og handverk og restaurant- og matfag til gode. Om lag 39 000 elevar vil få rett til meir stipend enn i dag.

Regjeringa foreslår å løyve 14,8 mill. kroner til å opne for støtte til det første året (freshman) av bachelorutdanning av høg kvalitet i USA. På denne måten blir ordninga med støtte til det første året av bachelorutdanning av høg kvalitet i land der dette ikkje er på nivå med norsk høgre utdanning, komplett. Alle land der støtte til vanleg ikkje kan bli gitt til dette året, er no med i ordninga, der plassering på internasjonalt anerkjende rangeringslister er målet på høg kvalitet. Regjeringa meiner at dette tiltaket vil kunne gi ein auke i talet på studentar i USA, som er ein av Noregs viktigaste allierte og handelspartnarar.

Kunnskapsdepartementet ønskjer auka internasjonalisering i vidaregåande opplæring, og foreslår å gi rett til utdanningsstøtte for tre nye elevgrupper som tek vidaregåande opplæring i utlandet gjennom samarbeid mellom ein norsk og ein utanlandsk vidaregåande skole. Dette gjeld ei elevgruppe i eit nytt samarbeidsprogram mellom Akershus fylkeskommune / Stabekk videregående skole og Askham Bryan College / York College i England, og ytterlegare to elevgrupper i eit eksisterande samarbeidsprogram mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Armadale Academy i Skottland, som per i dag har godkjenning for ei elevgruppe. Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner som følgje av forslaget.

Det vart hausten 2011 vedteke ei tidsavgrensa ordning med gradert sjukestipend, som inneber at studentar og elevar som er 50 pst. sjukemelde eller meir, kan få sjukestipend tilsvarande sjukemeldingsprosenten. Ordninga er vorten ført vidare ut kalenderåret 2013. Departementet foreslår at ordninga med gradert sjukestipend skal gjerast permanent frå og med kalenderåret 2014. Forslaget inneber at løyvingsbehovet aukar med 900 000 kroner. I 2015 vil løyvingsbehovet auke med 2,5 mill. kroner.

Departementet foreslår to endringar i ordninga for omgjering av lån til stipend ved sjukdom (sjukestipend). Den første endringa gjeld utrekninga av sjølve sjukestipendet. I det gamle sakshandsamingssystemet måtte støtta av tekniske årsaker reknast ut anten for heile eller halve månader. Etter innføringa av det nye sakshandsamingssystemet i Lånekassen i 2013 blir støtta rekna ut på dagbasis. Sjukestipend kan dermed òg bli rekna ut på dagbasis, og departementet foreslår å gjere dette. Endringa vil medføre at sjukestipendet blir gitt for den nøyaktige perioden som søkjaren er sjukemeldt i. Karenstida på 14 dagar blir framleis trekt frå. Forslaget inneber ikkje endra løyvingsbehov i 2014, men inneber at løyvingsbehovet blir redusert med 960 000 kroner i 2015.

Den andre endringa i sjukestipendordninga gjeld to vilkår som regulerer retten til dette stipendet. Den eine avgrensinga er at søkjarane ikkje kan få sjukestipend dersom dei sender søknad om lån til Lånekassen etter at dei vart sjuke. Den andre avgrensinga er at søkjarane ikkje kan få sjukestipend dersom dei er sjuke når undervisninga tek til, og dei ikkje har vore i utdanning semesteret før. Desse avgrensingane i retten til sjukestipend har vore meint å skulle hindre misbruk av ordninga, men slikt misbruk er det lite risiko for. Avgrensingane kan tvert om vere til hinder for søkjarar som har eit reelt behov for sjukestipend, særleg søkjarar som er uheldige og blir sjuke rett før semesterstart. Departementet foreslår derfor å fjerne den sistnemnde avgrensinga og justere den første med eit unntak, slik at søkjarar som var i utdanning i semesteret før sjukdomsperioden, kan ha rett til sjukestipend sjølv om dei ikkje fekk sendt inn søknaden om lån før dei vart sjuke. Departementet foreslår å redusere løyvinga i 2014 med 93 000 kroner. Forslaget inneber at det framtidige løyvingsbehovet i 2015 aukar med om lag 500 000 kroner.

Departementet foreslår ei mindre endring i ordninga med omgjering av lån til utdanningsstipend ved gjennomført utdanning. Ordninga er lagt opp slik at det blir gitt omgjering for dei studiepoenga eller tilsvarande som studentane tek. Departementet foreslår å avgrense grunnlaget for omgjering til bare å gjelde faglege resultat frå utdanningar som gir rett til støtte. Samstundes foreslår departementet å gjere eit unntak for dette for jusstudentar som har hatt frivillig praksis i rettshjelpstiltak, og som etterpå får fritak for nokre studiepoeng på grunn av dette. Ved nokre lærestader gir slike praksisperiodar rett til støtte og dermed til omgjering, medan andre lærestader – i staden for å tilkjenne studiepoeng for praksisperioden – gir fritak for det same talet studiepoeng. Det verkar urimeleg at studentar i same typen utdanningar skal få ulik behandling. Departementet foreslår derfor at desse studentane skal få omgjering for det same talet studiepoeng som dei får fritak for i graden sin. Departementet foreslår å auke løyvinga med 160 000 kroner som følgje av forslaget.

Departementet foreslår ei innstramming i grunnstipendet til elevar i vidaregåande opplæring, ved å endre inntektsgrensene i behovsprøvinga. Grunnstipendet skal vere eit supplement til familieøkonomien og blir derfor behovsprøvt mot alminneleg inntekt til den eller dei forsørgjarane som søkjaren bur hos. Søkjarar frå familiar med dei lågaste inntektene vil ikkje bli råka av forslaget; dei vil framleis få fullt grunnstipend som i dag. Søkjarar frå familiar med noko høgre inntekt vil få mindre grunnstipend enn i dag. Departementet foreslår å redusere løyvinga med om lag 80 mill. kroner som følgje av forslaget.

Departementet foreslår tre endringar som eit ledd i harmoniseringa av låneforvaltninga i Lånekassen med låneforvaltninga i dei andre statsbankane og anna bankverksemd.

Den første endringa er å innføre forseinkingsrente etter lov om renter ved forsinket betaling (forsinkelsesrenteloven) for utdanningsgjeld i Lånekassen medio 2014. Endringa erstattar dagens reglar om at det blir rekna eitt prosentpoeng høgre rente enn ordinært på oppsagde lån. Forseinkingsrenta blir fastsett kvart halvår. Departementet foreslår òg at datoen for når det skal betalast forseinkingsrente, samtidig skal endrast til å vere i tråd med forsinkelsesrenteloven. Endringa inneber at det blir rekna forseinkingsrente på ubetalt terminbeløp frå forfallsdato. Forseinkingsrente vil bli rekna på heile gjelda frå ho blir sagd opp, som i dag. Endringa vil gi ein auke i renteinntektene på 173,6 mill kroner.

Den andre endringa er at renter på utdanningslånet skal reknast ut dagleg. Dette vil vere ei harmonisering med prinsippa for tildeling av utdanningsstøtte, der støtta òg vil bli berekna per dag. Den nye berekningsmåten vil auke renteinntektene på kap. 5617 post 80 med om lag 4,3 mill. kroner.

Den tredje endringa er kapitalisering av rentene etter kvart terminforfall, og ikkje knytt til faste datoar som i dag. Rentene som ikkje er betalte, blir sett som renteberande.

I samband med at Lånekassen moderniserer sakshandsamingssystema sine, foreslår departementet fleire tiltak for å leggje til rette for større fleksibilitet for låntakarane når dei skal betale tilbake utdanningsgjelda si. Sjå nærmare omtale under kap. 2410 post 01 og post 45. Nokre av tiltaka har budsjettkonsekvenser.

I samband med forslag om månadleg forfall for utdanningsgjelda foreslår departementet å redusere gebyret på førstegongsvarselet frå 35 kroner i kvartalet til 18 kroner i månaden. Kombinert med ein auke i talet på forfall gjer dette at inntektene vil auke med 7,7 mill. kroner. Ei innføring av månadlege forfall i staden for kvartalsvise forfall for utdanningsgjelda gjer det naudsynt å endre tidspunkta for kapitalisering av rentene, slik at kapitaliseringa framleis skal skje etter kvart forfall. Dette gjer at renteinntektene til staten aukar med 3,4 mill. kroner.

Departementet foreslår å endre fristregelen for å kunne søkje om rentefritak på grunn av utdanning. I dag er fristen rekna tre år tilbake i tid frå 1. januar i det året forskrifta om tilbakebetaling av utdanningslån gjeld frå. Departementet foreslår i staden å innføre ein frist på tre år fram i tid etter at utdanningsprogrammet er avslutta. Låntakarar som tek utdanning som vart påbegynt for meir enn tre år sidan, og som ikkje er avslutta, får da betre tid til å søkje om rentefritak for denne utdanninga, og fleire vil få høve til å nytte rettane sine. Departementet foreslår å løyve 99 000 kroner til dette tiltaket.

Departementet foreslår å løyve 150 000 kroner slik at utanlandske statsborgarar med lovleg opphald som har teke sjølvfinansiert utdanning i minst tre år i Noreg rett før det året dei søkjer om utdanningsstøtte frå Lånekassen, skal ha rett til støtte sjølv om utdanningsperioden på tre år ikkje har vore samanhengande på grunn av sjukdom eller fødsel. Departementet meiner at sjukdom og fødsel også for denne gruppa bør kunne gi grunnlag for unntak frå hovudreglane for opptening av rettar i støtteordninga.

Departementet foreslår å løyve 8,1 mill. kroner til utdanningsstøtte når det innførast rett til påbyggingsår etter oppnådd fagbrev. Sjå nærmare omtale av rett til påbyggingsår etter oppnådd fagbrev under kap. 522 post 60 i Prop. 1 S (2013–2014) frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Departementet foreslår å løyve 5,6 mill. kroner til utdanningsstøtte som følgje av forslaget om auka tal på studieplassar. Sjå nærmare omtale under kap. 260 post 50.

Vidare foreslår departementet å løyve 1,5 mill. kroner til utdanningsstøtte i samband med eit forslag om kompetanseutvikling i barnehagane. Sjå nærmare omtale under kap. 231 post 21.

Departementet foreslår å løyve 198 000 kroner til utdanningsstøtte til ungdom i alderen 16 til 18 år med rett til opplæring som søkjer opphald. Sjå nærmare omtale under kap. 225 post 64.

Verkeleg verdi

For å rekne seg til den verkelege verdien av utlånsporteføljen er det laga ein modell som skil mellom kostnader knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i støtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. Lånekassen hadde ein portefølje av uteståande lån og renter på om lag 126,2 mrd. kroner ved utgangen av 2012. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte porteføljen. Dette skyldast både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til støtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som skyldast at kundane ikkje oppfyller betalingspliktene sine. Tabellen under syner kva for element det er justert for når ein har rekna ut verkeleg verdi av porteføljen. Det er lagt til grunn at låna i gjennomsnitt er rentefrie i noko under tre år. På grunnlag av modellen og ein føresetnad om ei rente på fire pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2012 rekna ut til om lag 115,4 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og berekna verkeleg verdi utgjer om lag 10,8 mrd. kroner. Av dette er om lag 9,9 mrd. kroner knytte til stipend, rentestøtte og avskrivingar, medan om lag 1,4 mrd. kroner skriv seg frå tap som følgje av kredittrisiko. Den verkelege verdien er dermed berekna til å vere om lag 91 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2012.

Tabell 4.21 Verkeleg verdi

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2011

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2012

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

86 060

90 878

  • studentar

33 078

35 336

Sum opphavleg låneportefølje

119 138

126 214

Justeringar

  • omgjering til stipend

3 153

3 102

  • rentefritak studentar

2 190

2 359

  • rentefritak tilbakebetalarar

2 124

2 252

  • ettergitt dødsfall

408

433

  • ettergitt sjukdom

735

780

  • ettergitt Finnmarksordninga m.m.

572

606

  • ettergitt kvoteordninga

327

346

Sum justeringar

9 509

9 878

Justert låneportefølje

109 630

116 336

  • nedskriving

1 339

1 419

  • over-/underkurs

–122

-469

Verdi

108 412

115 386

Ved å leggje til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen kan ein berekne noverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabellen under syner at staten kan forvente å få tilbake om lag 64 øre for kvar nye krone som blir lånt ut frå Lånekassen. Av dei om lag 36 øra av kvar krone som ein ikkje kan forvente blir betalt tilbake, utgjer stipend, rentestøtte og avskrivingar nesten alt. Under eitt øre per nye krone i nytt utlån blir forventa tapt som følgje av at låntakaren ikkje betaler. Berekninga gjeld alle nye utlån i Lånekassen, og skil ikkje på dei ulike gruppene av lån og låntakarar.

Tabell 4.22 Noverdien av 1 krone i nytt utlån

Verdi i kroner per 31.12.2011

Verdi i kroner per 31.12.2012

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

0,00000

0,00000

  • studentar

1,00000

1,00000

Justeringar

  • omgjering til stipend

0,28105

0,28007

  • rentefritak studentar

0,05260

0,05268

  • rentefritak tilbakebetalarar

0,01252

0,01254

  • ettergitt dødsfall

0,00241

0,00241

  • ettergitt sjukdom

0,00433

0,00434

  • ettergitt Finnmarksordninga m.m.

0,00337

0,00338

  • ettergitt kvoteordninga

0,00193

0,00193

  • Sum justeringar

0,35821

0,35734

Justert låneportefølje

0,64178

0,64266

  • nedskriving

0,00677

0,00678

Verdi

0,63501

0,63587

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Heile basisstøtta til studentar i høgre utdanning m.m. blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Løyvinga på post 50 dekkjer avsetning til eit fond (konverteringsfondet) som Lånekassen trekkjer midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend. Ved budsjettering av posten for 2014 blir det lagt til grunn at ti pst. av utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje blir bestått og derfor ikkje gir omgjering frå lån til stipend. Utdanningsstipendet blir behovsprøvt mot inntekt og formue. Ved budsjettering av posten er det derfor føresett at delar av stipenda blir gjorde om til lån ved behovsprøvinga mot inntekt og formue. Avsetninga på posten er altså redusert for den delen av låna som ikkje er forventa å bli konvertert fordi utdanninga ikkje blir gjennomført, og for den delen av lånet som er forventa å ikkje bli konvertert til stipend i samband med likningskontrollen.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld utstyrsstipend, grunnstipend og bustipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, samt flyktningstipend, foreldrestipend, sjukestipend og forsørgjarstipend for alle grupper.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekning av reise, skolepengar og språkkurs i innland og utland.

Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer kostnaden ved at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Avskrivingane på post 73 er heimla i forskriftene til Lånekassen og i lov om utdanningsstøtte nr. 37 av 3. juni 2005. Avskrivingane på posten omfattar blant anna avskriving grunna sjukdom og død. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar, og for personar som er busette og arbeider i Finnmark. Restgjeld blir automatisk avskrive når restbeløpet er under minimumsbeløpet for innkrevjing i forskriftene.

Oversikta under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:

Tabell 4.23 Avskrivingselement

(i 1 000 kr)

Element

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Sjukdom

289 590

162 800

165 200

Dødsfall

48 906

49 600

50 300

Automatisk avskriving

1 775

1 800

1 800

Avskriving for lærarutdanning

14 704

15 000

15 300

Finnmarks-avskriving

129 177

119 630

122 030

Avskriving kvoteordninga

26 064

24 990

25 520

Rentefritak

113 315

111 800

108 199

Sum

623 531

485 620

488 349

Av samla avskriving på 488 mill. kroner reknar ein med at om lag 338 mill. kroner vil utgjere opphavleg hovudstol (det opphavlege utdanningslånet til kunden). Dei resterande avskrivingane fordeler seg med 39 mill. kroner frå renter i 2014 og 111 mill. kroner i renter frå tidlegare år.

Post 74 Tap på utlån

Løyvinga på posten dekkjer avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne i rekneskapane som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).

Oversikta nedanfor viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:

Tabell 4.24 Tapselement

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

SI-permanent

220 368

220 000

220 000

Lån etter gjeldsordning

20 574

35 000

35 000

Andre forhold

2 701

4 000

4 000

Sum

243 643

259 000

259 000

Tap på den opphavlege hovudstolen er berekna til å utgjere 191,5 mill. kroner, medan tap på renter frå tidlegare periodar utgjer om lag 62 mill. kroner i 2014. Årets renter på tap/kostnadsfordringane er berekna til å utgjere 5 mill. kroner i 2014.

Kundar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom arbeidet til SI fører fram og kunden kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet og handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet i rekneskapeleg samband blir overført til SI. Frå 1996 til og med 2012 har 57 638 kundar fått gjelda permanent overført til SI, med eit samla beløp på 6,4 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn 2,7 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2012 for permanent overførte utdanningslån vart på 261 mill. kroner mot 259 mill. kroner i 2011 og 251 mill. kroner i 2010. Det vart overført lån permanent frå Lånekassen til SI på 220 mill. kroner i 2012, 292 mill. kroner i 2011 og 284 mill. kroner i 2010. Innkrevjinga til SI av overførte utdanningslån er berekna til 240 mill. kroner i 2014.

Gjeldssletting etter gjeldsordning er berekna til 35 mill. kroner i 2014. Andre tapselement, mellom anna forelda renter, utanrettsleg gjeldsordning samt heil og delvis ettergiving av fordringar som det er uråd å drive inn, er berekna til om lag 4 mill. kroner.

Post 76 Startstipend for kvotestudentar, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer utbetaling av stipend til kvotestudentar tilsvarande basisstøtte i to månader når dei kjem til lærestaden i Noreg for første gong.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer samla nye utlån frå Lånekassen i 2014, og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.

Nye utlån til kundar samt omgjeringar er berekna til å utgjere i underkant av 20,4 mrd. kroner, medan nettoutlån til ubetalte renter er berekna til å utgjere om lag 1,2 mrd. kroner. Den totale løyvinga på posten blir da om lag 21,6 mrd. kroner i 2014.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

03

Diverse inntekter

144

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

24 000

24 000

21 100

16

Refusjon av foreldrepengar

1 555

18

Refusjon av sjukepengar

3 638

29

Termingebyr

25 134

25 616

30 420

89

Purregebyr

77 899

88 850

117 600

90

Redusert lån og rentegjeld

7 619 366

8 015 109

8 253 202

93

Utdanningslån

5 016 364

2 945 883

5 200 318

Sum kap. 5310

12 768 100

11 099 458

13 622 640

Kapitlet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane, innbetaling frå konverteringsfondet og ulike refusjonar.

Post 03 gjeld i hovudsak refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder.

Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av utdanningslån for kvotestudentar frå utviklingsland som flytter til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).

Post 29 gjeld gebyr for førstegongsvarsling ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura, blir ikkje belasta med gebyr ved førstegongsvarsel. Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved andregongsvarsel og 490 kroner ved tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing).

Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar.

Tilbakebetaling av opphavleg hovudstol er berekna til å utgjere om lag 6,5 mrd. kroner i 2014. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til å utgjere om lag 1 mrd. kroner i 2014. Tilbakebetaling frå tap/kostnadsløyvingar utgjer om lag 703 mill. kroner (omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410 postane 73 og 74).

Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, sjå omtale under kap. 2410 post 50.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

80

Renter

3 494 766

3 377 934

3 866 755

Sum kap. 5617

3 494 766

3 377 934

3 866 755

Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til Lånekassens kundar. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskottspostar til å dekkje kostnadene til staten på lån som er rentefrie under utdanninga (rentestøtta), og på lån som er avskrivne.

Rentestøtta er berekna til å utgjere om lag 1 mrd. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 1,6 mrd. kroner i 2014. Opptente ikkje-betalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 1,2 mrd. kroner, medan årets renter frå tap/kostnadsløyvingar er berekna til å utgjere om lag 44 mill. kroner i 2014.