Prop. 1 S (2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Strategiar og oversikter

5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet

5.1 Innleiing

Ny kunnskap og ny erkjenning skaffa fram gjennom forsking er viktig for at Noreg skal utvikle seg og lykkast som samfunn. Regjeringa har høge ambisjonar for kvaliteten og omfanget av norsk forskingsinnsats, og vil at forskingspolitikken skal vere føreseieleg og langsiktig. Derfor vil regjeringa hausten 2014 leggje fram ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Regjeringa vil halde fram med å auke forskingsløyvingane i åra framover. Veksten skal følgje prioriteringane i langtidsplanen og bidra til å realisere dei forskingspolitiske måla i Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter.

Den offentlege finansieringa av forsking og utvikling i budsjettforslaget til regjeringa for 2014 er førebels anslått til 28,9 mrd. kroner inkludert Skattefunn. Dette utgjer ein auke på 1,5 mrd. kroner samanlikna med 2013, ein realauke på 2 pst. Sidan 2005 har det vore ein realauke i den offentlege FoU-innsatsen på 34,1 pst., noko som tilsvarar ein gjennomsnittleg årleg realauke på 3,3 pst.

Figur 5.1 FoU-løyvingar over statsbudsjettet 2005–2014, inkl. Skattefunn

Figur 5.1 FoU-løyvingar over statsbudsjettet 2005–2014, inkl. Skattefunn

Fordelinga av løyvingane for 2014 viser følgjande hovudprioriteringar: unge forskartalent, internasjonalisering av forskinga, klima- og miljøforsking, helseforsking, eit meir kunnskapsbasert næringsliv og kunnskapsinfrastruktur.

Dei ni forskingspolitiske måla

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning slo regjeringa fast at forskingspolitikken skal rettast inn mot fem strategiske mål og fire tverrgåande mål. Dei fire tverrgåande måla omhandlar forskingssystemet, medan dei strategiske måla viser temaområde som skal vere særleg prioriterte i forskingspolitikken. Måla vart førte vidare i Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter.

Figur 5.2 Målbilete for norsk forskingspolitikk

Figur 5.2 Målbilete for norsk forskingspolitikk

Målet til regjeringa er at norsk forskingspolitikk skal medverke til

  • å løyse globale utfordringar med særleg vekt på miljø-, klima-, hav-, mattryggleiks- og energiforsking

  • god helse, utjamning av sosiale helseskilnader og utvikling av helsetenester av høg kvalitet

  • forskingsbasert velferdspolitikk og profesjonsutøving i yrka i velferdssektoren

  • eit kunnskapsbasert næringsliv i heile landet

  • næringsrelevant forsking på områda mat, marin, maritim, reiseliv, energi, miljø, bioteknologi, IKT og nye materialar / nanoteknologi

  • høg kvalitet i forskinga

  • eit velfungerande forskingssystem

  • høg grad av internasjonalisering av forskinga

  • effektiv utnytting av forskingsressursane og -resultata

Dei forskingspolitiske måla er felles for alle departementa, og løyvingane til forsking og utvikling i statsbudsjettet må sjåast i lys av alle måla. Dei fire tverrgåande måla er også nærmare omtalte under programkategori 07.70 Forsking.

Langtidsplan for forsking og utdanning

I Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter (forskingsmeldinga), jf. Innst. 372 S (2012–2013), varslar regjeringa at ho vil halde fram med å auke løyvingane til forsking i åra framover. Regjeringa har høge ambisjonar om å utvikle høgare utdannings- og forskingsmiljø i internasjonal toppklasse. Veksten i forskingsløyvingane skal rettast mot dei forskingspolitiske måla og stimulere til auka FoU-innsats i næringslivet. Tildelingane til forsking og høgare utdanning skal vere langsiktige, koordinerte og tydeleg prioriterte. Regjeringa varsla derfor i forskingsmeldinga at det skal leggjast fram ein tiårig langtidsplan for forsking og høgare utdanning hausten 2014. Planen skal leggje føringar på investeringar i forsking og høgare utdanning, og vere eit verktøy for å spisse innsatsen på område der Noreg har strategiske fortrinn, eller for å dekkje framtidige behov for kunnskap på viktige område. Samtidig skal langtidsplanen ha rom for nytenkjande og grenseoverskridande forsking som kan gi oss ny kunnskap på lang sikt. Regjeringa vil leggje vekt på at relevante aktørar frå næringslivet, forskingsinstitutta, universitet og høgskolar og offentleg sektor skal få komme med innspel til arbeidet.

Måling av forsking

Det er krevjande å finne indikatorar som gir eit fullstendig bilete av korleis det står til med forskinga i Noreg. Det er mellom anna ei utfordring å finne fram til indikatorar som seier noko om resultata av forskinga og ikkje berre om innsatsen. I 2011 lanserte Kunnskapsdepartementet for første gong Forskningsbarometeret – eit årleg barometer med 24 indikatorar for norsk forsking og innovasjon. Forskningsbarometeret2013 utvikla desse indikatorane vidare og presenterte også temadelar om forsking og utvikling i næringslivet og internasjonalisering av forsking. Forskningsbarometeret2013 synte at Noreg i dei siste ti åra har hatt solid vekst på dei sentrale indikatorane for forskings- og utviklingsarbeid, anten det gjeld investeringar, menneskelege ressursar eller vitskaplege publikasjonar. Samstundes er det framleis eit stykke igjen til dei leiande landa på fleire indikatorar. Dette gjeld mellom anna FoU-investeringane i næringslivet. Noko av forklaringa på det sistnemnde ligg i at norsk næringsliv ikkje har dei same store FoU-aktørane som dei landa som Noreg er samanlikna med i barometeret. Forskningsbarometeret2013 gir også eit grunnlag for å diskutere kva for mål og verkemiddel som skal til for å styrkje den norske deltakinga på internasjonale arenaer som Horisont 2020.

5.2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet 2014

Regjeringa ønskjer i statsbudsjettet 2014 å styrkje den nasjonale forskingsinnsatsen i tråd med måla i forskingsmeldinga. Hovudprioriteringane på forskingsområdet i statsbudsjettet 2014 er unge forskartalent, internasjonalisering av forskinga, klima- og miljøforsking, helseforsking, eit meir kunnskapsbasert næringsliv og kunnskapsinfrastruktur.

Med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2013 frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser eit førebels overslag frå Kunnskapsdepartementet at dei samla løyvingane til forsking og utvikling i budsjettforslaget til regjeringa for 2014 er på 27,3 mrd. kroner. Dette er ein nominell auke på 1,4 mrd. kroner frå 2013. Dersom ein inkluderer Skattefunnordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på 28,9 mrd. kroner i 2014. Dette vil utgjere 0,93 pst. av anslaget for BNP i 2014. Rekna som del av Fastlands-BNP vil FoU-innsatsen utgjere 1,19 pst. i 2014.

Tabellen nedanfor viser overslaget over løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelte på departement. Tala er usikre. NIFU vil leggje fram endelege tal for FoU-løyvingane i statsbudsjettet i juni 2014.

Tabell 5.1 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet, i mill. kroner

Departement

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Endring 2013-2014

Kunnskapsdepartementet

13 183

13 414

231

Helse- og omsorgsdepartementet

3 527

3 801

274

Nærings- og handelsdepartementet

1 969

2 062

93

Utanriksdepartementet

1 188

1 386

198

Forsvarsdepartementet

1 045

1 045

-

Fiskeri- og kystdepartementet

975

1 278

303

Olje- og energidepartementet

807

832

25

Miljøverndepartementet

766

828

62

Landbruks- og matdepartementet

619

634

15

Samferdselsdepartementet

296

285

-11

Kommunal- og regionaldepartementet

255

273

18

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

202

355

154

Arbeidsdepartementet

229

232

3

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

158

160

2

Kulturdepartementet

141

152

11

Finansdepartementet

118

121

3

Justis- og beredskapsdepartementet

67

74

7

Statsbankane

363

363

-

Totalt

25 908

27 296

1 388

Den nominelle auken i løyvingane til forsking er på 5,4 pst. Dette tilsvarer ein realvekst på 2 pst. Auken i FoU-løyvingane skriv seg delvis frå ein auke i løyvingane på postar med FoU-del og delvis frå konkrete FoU-satsingar, sjå nedanfor.

Auken på budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet skriv seg delvis frå at systemet med forskingskvotar blir lagt om frå 2014. Omlegginga inneber at inntekter frå forskingskvotar ikkje lenger skal finansiere forsking, men at fiskerinæringa i staden skal bidra til å finansiere fiskeriforsking og overvaking gjennom ein avgift. Denne tekniske omlegginga gir ein auke på 151 mill. kroner til fiskeriforsking og overvaking over budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet.

Auken på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet skriv seg delvis frå ein auke i løyvingane til helseføretaka, inkludert ei forskingssatsing på 100 mill. kroner, og delvis frå vidareføringa av ei satsing på ein klinisk studie på behandling av føflekkreft (Ipilimumab) frå Revidert nasjonalbudsjett 2013.

Noko av auken skriv seg frå løyvingar til to forskingsfartøy, eitt for arktiske strøk på Fiskeri- og kystdepartementets budsjett og eitt for tropiske strøk på Utanriksdepartementets budsjett. Sjå nærmare omtale nedanfor.

Auken på Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett skriv seg frå løyvingar til bygg i UH-sektoren. Sjå nærmare omtale nedanfor.

Auken på Kunnskapsdepartementets budsjett skriv seg delvis frå løyvingar til ny gåveforsterkingsordning, ei satsing på Fri prosjektstøtte øyremerkt unge forskartalent og nye stipendiatstillingar.

Det er ein netto nedgong i kontingenten til EUs rammeprogram for forsking, noko som skuldast utfasing av det sjuande rammeprogrammet og oppstart av Horisont 2020.

Forsking og utvikling i statsbudsjettet 2014

Open arena for unge forskartalent

Evalueringa av Fri prosjektstøtte, den opne arenaen for grunnleggjande forsking i Forskingsrådet, frå 2012 viser at verkemiddelet støttar forsking av høg kvalitet, men lykkast dårlegare med å støtte unge forskarar og risikofylte prosjekt på nye område. Dei unge forskartalenta når ofte ikkje opp i konkurranse med seniorforskarar med mange publikasjonar på merittlista. Regjeringa foreslår derfor å styrkje Fri prosjektstøtte med 50 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, øyremerkte forskarar som er tidleg i karrieren. Satsinga er ei oppfølging av funna i evalueringa, samstundes som ho bidrar til målsetjinga i forskingsmeldinga om å leggje betre til rette for fornying og dristigheit i forskingssystemet. Med denne satsinga svarer regjeringa også på initiativet frå Forskingsrådet og universiteta, som har foreslått Fellesløftet 2 retta mot unge forskartalent. Fellesløftet 2 inneber at dersom staten bidrar med 50 mill. kroner årleg i tre år, har universiteta lova å bidra med ein tilsvarande sum av eigne midlar, slik at den totale satsinga blir på 300 mill. kroner over tre år.

Europeisk forskingssamarbeid

I forskingsmeldinga held regjeringa fast ved målet om styrkt internasjonalisering av norsk forsking. Det største verkemiddelet for internasjonalisering av forskinga er deltaking i dei europeiske forskingsprogramma, særleg EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar. Frå 2014 startar ein ny programperiode. Da blir rammeprogramma for forsking og innovasjon eitt program, Horisont 2020. Regjeringa har varsla at Noreg tek sikte på å delta i det nye programmet som fullverdig medlem. Budsjettet for Horisont 2020 er ikkje endeleg vedteke i EU, men programmet ligg an til å bli på om lag 77 mrd. euro i laupande prisar. Det er usikkert kva Noregs totale bidrag til Horisont 2020 i programperioden vil bli. Dersom dagens BNP og valutakurs blir lagde til grunn, kan Noreg rekne med at det totale bidraget blir på mellom 17 og 18 mrd. kroner i laupande prisar. Foreløpige overslag viser at Noregs bidrag i 2014 vil vere om lag 360 mill. kroner.

STIM-EU er ei ordning som er retta mot å styrkje deltakinga frå forskingsinstitutta i det 7. rammeprogrammet. STIM-EU går direkte til dei institutta som får midlar frå EU, og gir ekstra utteljing for institutt som involverer norske næringsliv. Det blir framleis satt i gang nye prosjekt etter dei siste utlysingane i det 7. rammeprogrammet i 2013. Innanfor løyvinga frå Kunnskapsdepartementet til Noregs forskingsråd i 2014 foreslår regjeringa at minst 35 mill. kroner skal nyttast til STIM-EU og til å etablere mekanismar for å mobilisere institutta til å delta i Horisont 2020.

Dei felleseuropeiske forskingsprogramma (JPI) innan kulturarv, ferskvannsressursforvaltning og urbant Europa er viktige randsoneaktivitetar til Horisont 2020 – EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Regjeringa foreslår derfor 4,75 mill. kroner over budsjettet til Miljøverndepartementet til å finansiere norsk deltaking i nokre av desse programma for å styrkje og stimulere til auka internasjonalisering av norsk miljøforsking.

Klima- og miljøforsking

Regjeringa foreslår ei satsing på klima- og miljøforsking over budsjettet til Miljøverndepartementet. Satsinga skal gå gjennom Noregs forskingsråd. Det er eit stort behov for kunnskap innanfor klimarisiko frå ekstremver, skadeførebygging, belasting og førebyggjande tiltak på viktig infrastruktur og kostnader knytt til klimatilpassing. I tillegg treng Noreg meir kunnskap om effektar av endra klima på økosystemtenester og nøkkelartar og konsekvensar av havforsuring på økosystem, fiskeri og havbruk. 12 mill. kroner av satsinga vil derfor bli nytta til styrkt forskingsinnsats på klimaendringar og klimatilpassing som ei oppfølging av Klima21, klimameldinga og meldinga om klimatilpasning.

4,75 mill. kroner vil bli nytta til forskingsprogrammet Miljø 2015 for å styrkje forskingsinnsatsen for å redusere spreiing av miljøgifter, ei hovudprioritering for miljøforvaltninga. Kunnskapsmangel er det viktigaste hinderet for å nå målet til regjeringa om å stanse utslipp av miljøgifter innan 2020. Ei slik styrking vil vere ei viktig oppfølging av miljøgiftsutvalet sin NOU 2010: 9 Et Norge uten miljøgifter, som peika på eit sterkt behov for å styrkje denne forskinga.

For å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø foreslår regjeringa vidare å styrkje Miljø 2015 med 2,5 mill. kroner. Forsking på dette området vil også vere med på å framskaffe gode styringsdata og danne grunnlag for ein målretta bruk av tilgjengelege verkemiddel.

Forskings- og teknologiutviklingsprogrammet CLIMIT støttar utviklinga av kostnadseffektiv og sikker teknologi for CO2-fangst, transport og lagring. Over budsjettet til Olje- og energidepartementet foreslår derfor regjeringa å styrkje CLIMIT-programmet med 30 mill. kroner i 2014 og 70 mill. kroner i 2015. Totalt foreslår regjeringa ei løyving på 200 mill. kroner til CLIMIT i 2014. Regjeringa foreslår òg ei løyving på 438 mill. kroner til Teknologisenter Mongstad i 2014. Teknologisenteret er bygd for å skape ein arena for målretta testing, kvalifisering og utvikling av CO2-fangstteknologi. Løyvinga skal gå til drift, vidareutvikling og utbetringar ved anlegget.

Landbruks- og matforsking

Klimaendringane skaper utfordringar, men også betydelege moglegheiter for det norske landbruket. Forsking på mat og klima skal synleggjere moglegheiter og bidra til auka lønnsemd i norsk landbruk. Avlingsnivået kan auke, eksisterande plantesortar kan få større utbreiing, og nye plantesortar kan takast i bruk. Regjeringa vil auke forskingsinnsatsen for å møte klimaendringar og klimaomstillingar i norsk jordbruk. Satsingane må sjåast i samanheng med internasjonal forskingsaktivitet på desse områda. Næringsmiddelindustrien er Noregs nest største industrigrein og den viktigaste avtakaren av råvarar frå landbruket og fiskeria. Denne industrien møter stadig aukande konkurranse. Kunnskapsmiljøa på landbruks- og matområdet er heilt sentrale for den forskingsbaserte utviklinga av norsk næringsmiddelindustri. Auka løyvingar til forsking og utvikling som kan bidra til å styrkje konkurranseevna i norsk næringsmiddelindustri, er avgjerande for å sikre framtidig verdiskaping og sysselsetjing. Regjeringa foreslår derfor ein styrkt innsats på dette området for å bidra til næringsutvikling og auka konkurranseevne i norsk næringsmiddelindustri.

På dei prioriterte områda auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat innanfor eit endra klima og auka konkurranseevne i næringsmiddelindustrien, foreslår regjeringa å auke forskingsinnsatsen i Noregs forskingsråd med 20 mill. kroner over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet.

Eit meir kunnskapsbasert næringsliv

Regjeringa ønskjer å styrkje utviklinga av eit meir kunnskapsbasert næringsliv og foreslår å auke løyvinga til Noregs forskingsråd over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet med 38,1 mill. kroner. Hovudformålet med løyvinga er å stimulere til kunnskapsbasert næringsutvikling og auka FoU-innsats i næringslivet. Innanfor løyvinga foreslår regjeringa i 2014 å styrkje den opne forskingsarenaen Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) med 10 mill. kroner, forsking retta mot maritim verksemd og offshore operasjonar (Maroff-programmet) med 10 mill. kroner, basistilskotet til dei teknisk-industrielle forskingsinstitutta med 16,6 mill. kroner, samt Forny2020-programmet for auka kommersialisering av forskingsresultat med 6 mill. kroner.

Marint kunnskapsløft

I handlingsplanen Marint kunnskapsløft konkretiserte regjeringa satsinga på marin utdanning, kompetanse og forsking dei neste åra. Handlingsplanen syner kva for veg regjeringa vil gå for å utløyse potensialet for verdiskaping frå marine ressursar og samstundes sikre at ressursane blir forvalta på ein berekraftig måte. På forskingsområdet varslar regjeringa at ho vil spisse innsatsen innanfor tre kunnskapsområde: havet og kysten, sjømat og nye marine moglegheiter og marknader. I budsjettet for 2014 foreslår regjeringa å styrkje innsatsen på dei prioriterte områda i handlingsplanen med 50 mill. kroner. Om lag 35 mill. kroner av desse vil gå til forsking, medan resten vil gå til innovasjon og kompetanseutvikling. Dette er i tillegg til andre satsingar i budsjettforslaget til regjeringa som vil støtte opp under det marine kunnskapsløftet. Ikkje minst er forslaget om full deltaking i Horisont 2020 viktig for den marine forskinga.

I tillegg til det marine kunnskapsløftet, foreslår regjeringa å auke løyvinga til sjøtransportforskinga gjennom Noregs forskingsråd med 20 mill. kroner i 2014 over budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet. Midlane er ein del av Nasjonal transportplan. Regjeringa foreslår vidare å auke infrastrukturstøtta til Nofima med 5 mill. kroner.

Petroleumsforsking

Petroleumsindustrien er Noregs største industri. Han er avhengig av å utvikle konkurransedyktige produkt og arbeidsprosessar for å halde oppe konkurranseevna. Forsking i petroleumssektoren gir ei meir kostnadseffektiv og berekraftig ressursutnytting, noko som gir større inntekter til staten. Vidare bidrar forskinga til ny kunnskap og teknologi som vil gi nye næringsmoglegheiter. Over budsjettet til Olje- og energidepartementet foreslår regjeringa derfor å auke løyvinga til petroleumsforsking gjennom Noregs forskingsråd med om lag 10 mill. kroner. Dette omfattar mellom anna ei auka løyving på 7,5 mill. kroner til forskingssentra for arktiske utfordringar og auka utvinning.

Helse- og omsorgsforsking

I statsbudsjettet 2014 foreslår Regjeringa ei styrking av helse- og omsorgsforskinga over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet. Regjeringa foreslår mellom anna å styrkje løyvinga til Noregs forskingsråd med 10,2 mill. kroner, samanlikna med saldert budsjett for 2013. Av desse midlane skal 5 mill. kroner gå til styrking av sentra for omsorgsforsking, som ein del av oppfølginga av Meld. St. 29 (2012–2013) Morgendagens omsorg. Vidare skal 5,2 mill. kroner nyttast til ei styrking av forsking på habilitering og rehabilitering gjennom Noregs forskingsråd. For å følgje opp Morgendagens omsorg foreslår regjeringa at det blir oppretta eit kompetansenettverk for behovsdriven innovasjon, med gratis kompetanseheving og prosessrettleiing for kommunar som deltek i nettverket. Dette for å styrkje innovasjonsarbeidet i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Tiltaket går på tvers av forvaltningsnivåa i helse- og omsorgstenestene. Regjeringa foreslår ei styrking av Innomeds aktivitet i 2014 med 5 mill. kroner. Det blir lagt til grunn at satsinga kan knyttast tett opp til utviklinga av innovasjonsstrategien regjeringa har for kommunesektoren. KS vil vere ein sentral partnar i utviklinga av dette arbeidet.

Regjeringa foreslår vidare å setje av 20 mill. kroner til kliniske studiar av byte mellom biologiske og biotilsvarande legemiddel gjennom dei regionale helseføretaka. Formålet med studien er å dokumentere om byte mellom biologiske og biotilsvarande legemiddel er trygt. Slike byte er viktige for å fremme konkurranse og ved det kunne oppnå vesentlege prisreduksjonar. Regjeringa foreslår vidare å auke løyvinga til dei regionale helseføretaka med 100 mill. kroner til ei styrking av forskinga i føretaka, inkludert hos private ideelle sjukehus med driftsavtale i helseregionen. Midlane skal nyttast til å styrkje tenesterelevant og pasientnær klinisk forsking og helsetenesteforsking. Satsinga skal gi grunnlag for å sikre høg kvalitet og trygge og effektive tenester.

For å utvikle eit kompetansemiljø for evalueringsforsking og eit nasjonalt sjukdomsbyrdeprosjekt foreslår regjeringa også å styrkje Nasjonalt folkehelseinstitutt med 7 mill. kroner. Analysar av sjukdomsbyrde er utvikla internasjonalt i dei seinaste 20 åra for å gi ei oversikt over helsetilstanden til befolkninga. Satsinga vil få verknad for prioriteringa og utviklinga av folkehelsearbeidet og skal gjerast i nært samarbeid med det globale sjukdomsbyrdeprosjektet.

Regjeringa foreslår også å styrkje Statens institutt for rusmiddelforsking med 5 mill. kroner for å starte ein nasjonal kohortstudie om rusmiddelbruk blant ungdom.

Praksisretta forsking og utvikling for helse- og velferdstenestene

Regjeringa vil styrkje forskinga for helse- og velferdstenestene, og samtidig bidra til å auke forskingsforankringa i fagmiljø som gir helse- og sosialfagleg utdanning. Tenestene og ytingane frå arbeids- og velferdsforvaltninga er ein del av praksisfeltet i denne satsinga. I statsbudsjettet 2014 foreslår derfor regjeringa å styrkje forskingsprogrammet Praksisretta forsking og utvikling for helse- og velferdstenestene (PraksisVel) med 4 mill. kroner over budsjettet til Arbeidsdepartementet.

Forsking om vold i nære relasjonar

Regjeringa la i mars 2013 fram Meld. St. 15 (2012–2013) Forebygging og bekjempelse av vold i nære relasjoner. Det handler om å leve. Forslaga til tiltak i meldinga er konkretisert og blir følgde opp gjennom handlingsplanen mot vold i nære relasjonar (2014–17) Et liv uten vold. Mellom anna skal den førebyggjande innsatsen styrkast og det skal opprettast eit eige forskingsprogram om vold i nære relasjonar. I statsbudsjettet 2014 foreslår regjeringa å styrkje forsking om vold i nære relasjonar med 10 mill. kroner over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. Av dette skal 5 mill. kroner gå til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og 5 mill. kroner skal lysast ut.

IKT-sikkerheit

Justis- og beredskapsdepartementet har i 2013 overteke rolla som ansvarleg for førebyggjande IKT-sikkerheit i samfunnet. Den raske teknologiutviklinga og den store auken i moderne teknologi skapar nye og komplekse sikkerheitsutfordringar. Som grunnlag for å vidareutvikle dette politikkfeltet vil regjeringa satse meir på forsking og foreslår derfor å auke løyvinga med 4 mill. kroner til FoU for førebyggjande sikkerheit og IKT-sikkerheit over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Infrastruktur

Det er nødvendig med gode bygg og god infrastruktur i universitets- og høgskolesektoren for å kunne tilby utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet og for å skape gode studie- og arbeidsvilkår. God forskingsinfrastruktur er eit viktig konkurransefortrinn for å rekruttere dei beste forskarane og medverke til kvaliteten på undervisning, læringsutbytte og formidling. I statsbudsjettet 2014 foreslår derfor regjeringa startløyvingar på til saman 80 mill. kroner til rehabilitering av bygg ved Noregs idrettshøgskole og nytt bygg for medisin- og helsefag ved Universitetet i Tromsø. I tillegg foreslår regjeringa 20 mill. kroner i 2014 for å føre vidare prosjekteringa av eit nytt anlegg for livsvitskap, farmasi og kjemi ved Universitetet i Oslo. Anlegget skal sikre Noreg internasjonal konkurransekraft innanfor livsvitskap, gjennom oppdaterte lokale og utstyr, og ved å leggje til rette for tverrfagleg forsking og eit breitt samarbeid med mellom anna bioteknologiselskap, sjukehus og helseføretak. I tillegg foreslår regjeringa 1,24 mrd. kroner til å føre vidare åtte byggjeprosjekt i sektoren, mellom anna dei fire prosjekta som fekk startløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013.

Havromsteknologisk forsking og marin teknologi og kompetanse er sentralt for innovasjon og framtidig verdiskaping innan dei maritime næringane, olje og gassverksemd, og fiskeri- og oppdrettsverksemda. Auka kunnskap om havet og havrommet er også naudsynt for å løyse globale utfordringar knytt til energi, mat og klima. Regjeringa foreslår derfor å løyve 15 mill. kroner til vidare utgreiing av Ocean Space Centre (OSC) - eit nytt marinteknisk senter ved Marintek/NTNU i Trondheim. Målet er at Ocean Space Centre skal bli eit internasjonalt kunn-skapsnav for havromsteknologi.

Eit nytt isgåande forskingsfartøy vil vere den største investeringa for framtidig havforsking i budsjettane for 2014–2016, med eit totalt budsjett på 1,42 mrd. kroner. I statsbudsjettet 2014 foreslår regjeringa å sette av 300 mill. kroner til bygginga av fartøyet. Regjeringa foreslår òg å løyve 190 mill. kroner på budsjettet til Utanriksdepartementet til bygging av eit nytt forskingsfartøy som skal erstatte forskingsfartøyet «Dr. Fridtjof Nansen». Fartøyet er eit sentralt element i EAF Nansenprogrammet, som bistår 32 afrikanske kyststatar sør for Sahara med å gjennomføre ei økosystembasert fiskeriforvaltning, og innhente informasjon om marine ressursar, miljø og klima.

I tillegg er det over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett foreslått tildelt midlar til utgreiing av nukleær infrastruktur.

Nye stipendiatar

Behovet for rekrutteringsstillingar, særleg i MNT-fag og profesjonsfag, er stort framover. Regjeringa foreslår derfor å opprette 60 nye stipendiatstillingar innanfor MNT-fag og profesjonsfag, og foreslår å løyve 20,8 mill. kroner til nye rekrutteringsstillingar frå og med hausten 2014 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Stillingane blir oppretta med 1/3 effekt i 2014. Heilårseffekten frå 2015 vil vere på om lag 62 mill. kroner. Tildelinga innanfor MNT-faga blir i hovudsak gitt dei eldste universiteta, medan tildelinga innanfor profesjonsfaga rettar seg mot dei nye universiteta og høgskolar som kan vise til gode resultat og fagmiljø av ein viss storleik. Universitetet i Tromsø, Noregs Arktiske Universitet får også tildeling innanfor profesjonsfag med bakgrunn i profesjonsprofilen etter fusjonen.

Gåveforsterking

Regjeringa foreslår å innføre ei ny gåveforsterkingsordning for å stimulere til fleire private gåver til forsking, jf. omtale i Meld. St. 18 (2012–2013). Ordninga inneber at staten vil gi eit tillegg på 25 pst. av gåvebeløpet ved private gåver til Noregs forskingsråd, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo, universitet eller høgskolar med rett til å dele ut doktorgrad. Midlane skal nyttast til å støtte opp om langsiktig, grunnleggjande forsking ved institusjonane. Ordninga vil gjelde for gåver over 3 mill. kroner som er gitte, og avtalar inngåtte, etter 1. januar 2014. Regjeringa foreslår å øyremerkje 50 mill. kroner til gåveforsterkingsordninga i løyvingane til Noregs forskingsråd over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Kunnskapsdepartementet vil utarbeide retningslinjer for ordninga i løpet av hausten 2013.

Vitskapsakademia

Regjeringa ønskjer å støtte opp om Det Norske Videnskaps-Akademi sitt internasjonale arbeid med Kavliprisen, og foreslår derfor ein auke i løyvinga til DNVA på 2 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Auken skal òg nyttast i arbeidet med å etablere eit vitskapsakademi for yngre forskarar, Ungt Akademi. Ungt Akademi vil ha som formål å bidra til tverrfagleg utveksling og til at unge dyktige forskarar kan påverke forskingspolitikken.

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i Trondheim har i dei seinaste åra utvida den faglege verksemda si og samarbeidet sitt med andre aktørar i samfunnet. DKNVS driv òg eit utstrakt formidlingsarbeid, mellom anna Gunnerusforelesningene og fomidlingsprogrammet Kunnskapsbyen. Regjeringa vil auke løyvinga til DKNVS med 2 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, slik at Selskabet kan styrkje det faglege arbeidet sitt.

5.3 Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd mottek løyvingar over budsjetta til alle departementa. I 2013 utgjorde dei samla løyvingane til Forskingsrådet i underkant av ein tredel av løyvingane til FoU over statsbudsjettet. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, institutt-tildelingar og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller prosjekt. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i statsbudsjettet for 2014.

Tabell 5.2 Foreslåtte løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane, i 1000 kr

Kap. post

Departement

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

285.52/53/54

Kunnskapsdepartementet

2 498 311

2 672 693

285.55

Kunnskapsdepartementet – administrasjon

275 300

278 936

920.50

Nærings- og handelsdepartementet

1 413 900

1 452 000

1830.50

Olje- og energidepartementet

728 000

647 600

1840.50

Olje- og energidepartementet

-

90 000*

780.50

Helse- og omsorgsdepartementet

302 518

323 306

1137.50

Landbruks- og matdepartementet

233 893

255 951

1023.50

Fiskeri- og kystdepartementet

207 200

240 450*

1410.51/53

Miljøverndepartementet

197 282

226 117

1301.50

Samferdselsdepartementet

142 000

126 300

* 90 mill. kroner i løyving til Forskingsrådet er flytta frå kap. 1830 post 50 til kap. 1840 post 50 – CLIMIT. Auken på posten er høgare, men det er usikkert kor mykje av auken som vil gå til Forskingsrådet og kor mykje som vil gå til Gassnova.

* 20 mill. kroner er flytta frå kap. 1000 post 21 til kap. 1023 post 50. Midlane er til transportforsking og kom inn på budsjettet for 2013 som ein del av Nasjonal Transportplan.

Det meste av auken i løyvingane skriv seg frå forskingssatsingane som er omtalt tidlegare. Samferdselsdepartementet har ein nedgong i sine løyvingar til forskingsrådsprogramma ENERGIX og VERDIKT.

Noregs forskingsråd vart evaluert av Technopolis Group i 2012. Den overordna konklusjonen i evalueringa er at Forskingsrådet fungerer godt. Aktørane i det norske forskings- og innovasjonssystemet er òg i stor grad nøgde med innsatsen til Forskingsrådet. Samla viser evalueringa at Forskingsrådet har stor betydning og effekt i det norske FoU-systemet, og at Forskingsrådet har etablert effektive og gode prosedyrar for søknadshandsaming. Evalueringa viser òg at det resultatbaserte finansieringssystemet for institutta har hatt positive effektar, og at Forskingsrådet bør implementere systemet fullt ut.

Evalueringa legg vidare vekt på at kvaliteten på norsk forsking er god, men at han ikkje er god nok. Forskingsrådet bør derfor leggje enda sterkare vekt på kvalitet framover. Arbeidet med evalueringar i Forskingsrådet bør systematiserast og leggje større vekt på effektane av innsatsen. Evalueringa stiller òg spørsmålet om norsk forsking og næringsliv har tilstrekkeleg evne til fornying. Regjeringa har i forskingsmeldinga gitt uttrykk for klare forventningar til Forskingsrådet. Regjeringa har særleg peikt på utfordringane knytte til Forskingsrådets rolle som endringsagent i det norske forskingssystemet. Arbeidet med auka kvalitet og fornying, rådgiving, internasjonalt samarbeid og tydelegare profilering av forskingsmiljøa blir viktige område framover. Forskingsrådet arbeider systematisk med å følgje opp forventningane i forskingsmeldinga og dei konkrete punkta i evalueringa. Kunnskapsdepartementet følgjer mellom anna opp gjennom styringsdialogen med Noregs forskingsråd.

Det er utvikla eit felles mål- og resultatstyringssystem (MRS) for tildelingane frå departementa til Noregs forskingsråd. Evalueringa av Forskingsrådet konkluderte med at mål- og resultatstyringssystemet burde utviklast for å lyfte styringa frå aktivitetar til mål. I forvaltningsrevisjonen av Kunnskapsdepartementets koordinering av forskingspolitikken peiker Riksrevisjonen på at MRS-systemet ikkje fullt ut bidrar til å koordinere styringssignala frå departementa til Forskingsrådet. Kunnskapsdepartementet har derfor starta eit prosjekt for å vidareutvikle mål- og resultatstyringssystemet for Forskingsrådet. Prosjektet vil involvere Forskingsrådet og alle departement med løyvingar til rådet. Målet er å ha det nye systemet ferdig til bruk i budsjettåret 2015.

5.4 Utviklinga i offentleg forskingsinnsats

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forsking vart det framheva at næringsstrukturen i Noreg og betydninga av petroleumssektoren gjer at Noreg kjem urimeleg dårleg ut i internasjonale samanlikningar knytte til BNP-mål. For å få eit meir nyansert bilete av forskingsinnsatsen nyttar ein derfor også indikatorar som ser FoU-innsatsen i samband med innbyggjartal eller Fastlands-BNP, og talet på FoU-årsverk i samanheng med talet på sysselsette. Statistikk over norsk innsats innanfor forsking og utvikling (FoU) blir utarbeidd av NIFU og Statistisk sentralbyrå (SSB). Den siste FoU-statistikken er frå 2011.

Figur 5.3 FoU-utgifter finansierte av offentlege kjelder per innbyggjar, 2011 eller sist tilgjengelege år, norske kroner justerte for kjøpekraft.

Figur 5.3 FoU-utgifter finansierte av offentlege kjelder per innbyggjar, 2011 eller sist tilgjengelege år, norske kroner justerte for kjøpekraft.

Kjelde: OECD: Main Science and Technology Indicators 2012:2 og NIFU/SSB: FoU-statistikk

Figuren over viser at Noreg ligg heilt i verdstoppen i bruk av offentlege midlar til FoU. Av dei 34 medlemslanda i OECD er det berre Island som bruker meir offentlege midlar per innbyggjar på FoU enn Noreg. Om ein rangerer landa etter FoU-utgifter per innbyggjar finansierte av næringslivet, er Noreg på 15. plass blant OECD-landa. Totalt er vi nummer 13 i OECD-området når ein rangerer etter totale FoU-utgifter per innbyggjar. Ser ein på det relative omfanget av FoU-personale (forskarar og teknisk-administrativt støttepersonale) i OECD-landa, er Noreg rangert som land nummer ti, med 14 FoU-årsverk per 1 000 sysselsette i 2011.

Regjeringa har eit langsiktig mål om at den samla forskingsinnsatsen skal utgjere tre pst. av BNP. I 2011 var dei totale utgiftene til FoU som var utført i Noreg på 1,64 pst. av BNP. I 2005 var dei 1,51 pst. FoU-innsatsen som del av Fastlands-BNP var på 2,17 pst. i 2011. Dette er ein auke frå 2,03 pst. i 2005.

I tillegg til FoU-statistikken utarbeider NIFU mellom anna ein årleg analyse av statsbudsjettet, og analysen gir ein indikasjon på utviklinga i den offentlege FoU-innsatsen etter 2011. Anslaget for FoU over statsbudsjettet ligg om lag ti pst. høgre enn offentlege kjelder i FoU-statistikken. Hovudårsaka til forskjellen er at statsbudsjettanalysen inkluderer midlar som blir kanaliserte til utlandet. FoU-innsatsen over statsbudsjettet for 2012 er berekna til om lag 24,5 mrd. kroner. I 2013 bereknar NIFU FoU-innsatsen til 25,9 mrd. kroner. Korrigert for forventa lønns- og prisutvikling gir dette ein realauke på om lag 2,2 pst. for dei offentlege FoU-løyvingane samanlikna med saldert budsjett for 2012. Regjeringa har ein ambisjon om at dei offentlege forskingsløyvingane skal utgjere om lag éin pst. av BNP. I 2005 var løyvinga til FoU over statsbudsjettet 0,73 pst. av BNP. Med ein gjennomsnittleg årleg realvekst i FoU-løyvingane på 3,5 pst. i perioden 2005–13 har dei offentlege FoU-løyvingane auka til 0,87 pst. av BNP i 2013. Denne auken har funne stad samstundes med at Noreg har hatt ein kraftig auke i BNP. Dei offentlege løyvingane til FoU over statsbudsjettet var 1,11 pst. av Fastlands-BNP i 2013.

I tillegg til direkte FoU-løyvingar kjem tapte skatteinntekter og tilskott gjennom Skattefunnordninga. Finansdepartementet reknar skatteutgiftene (tapte skatteinntekter) av prosjekt som vart gjennomførte i 2012, til om lag 1,46 mrd. kroner. På usikkert grunnlag kan ein berekne provenyeffekten av Skattefunnordninga til om lag 1,49 mrd. kroner i 20131. Samla offentleg FoU-finansiering inkludert Skattefunn over statsbudsjettet er på om lag 27,4 mrd. kroner i 2013; dette tilsvarer 0,92 pst. av BNP og 1,17 pst. av Fastlands-BNP. Inkludert Skattefunn har den delen av statsbudsjettet som blir løyvd til FoU, stige frå 3,4 pst. av det totale budsjettet i 2005 til 3,7 pst. i 2013.

Forsking og utvikling i sektorane

Ved universiteta og høgskolane utgjorde FoU-utgiftene om lag 14,3 mrd. kroner i 2011, noko som er ein betydeleg auke frå 9,1 mrd. kroner2 i 2005. Dette utgjer ein samla realauke på 24 pst. I den historiske FoU-statistikken er helseføretaka rekna som ein del av universitets- og høgskolesektoren fram til 2007. Ikkje medregna helseføretaka stod universitets- og høgskolesektoren i 2011 for 26,4 pst. av den samla FoU-innsatsen i Noreg. Same år utgjorde forskingsinnsatsen i helseføretaka om lag 6,1 pst. av dei totale FoU-utgiftene. Helse Sør-Aust er klart den største FoU-aktøren mellom helseføretaka. Årsaka er at Oslo universitetssykehus HF (OUS) aleine stod for nesten halvparten av den samla FoU-innsatsen til helseføretaka.

FoU-utgiftene i næringslivet var på om lag 20 mrd. kroner i 2011. Dette utgjer ein realauke på fire pst. frå 2005. Over en periode på 40 år er det næringslivet som har hatt den største auken i FoU-utgiftene. Næringslivet stod for om lag 44,2 pst. av dei totale FoU-utgiftene i Noreg i 2011, noko som er relativt lågt samanlikna med dei andre europeiske landa, men ein auke på om lag eitt prosentpoeng frå 2010. Også justert for ulikskapar i næringsstruktur er FoU-intensiteten i norsk føretakssektor lågare enn gjennomsnittet i OECD og dei andre nordiske landa3.

Instituttsektoren stod for om lag 23,3 pst. av dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2011. Sektoren hadde om lag 11,1 mrd. kroner i FoU-utgifter i 2011, ein auke på nærmare 4,2 mrd. kroner4 samanlikna med 2005. Dette gir ein samla realauke på 27 pst. frå 2005 til 2011 og gjer instituttsektoren til den sektoren som har hatt den største realauken i perioden.

Nærmare om dei fem strategiske måla for forskingspolitikken

Noregs forskingsråd gir i Årsrapport for 2012 ei vurdering av måloppnåinga for Forskingsrådet på dei fem strategiske måla i forskingspolitikken. Vurderinga tek utgangspunkt i Forskingsrådets eigen innsats og budsjett og omfattar såleis ikkje andre aktivitetar i forskingssektoren som bidrar til desse måla. Sidan programma og ordningane til Forskingsrådet rettar seg mot alle delar av det norske forskingssystemet, kan vurderinga likevel vere med på å gi eit bilete av korleis det står til på desse fem områda.

For kvart målområde er det nytta tal for målretta innsats. Målretta innsats er definert som program og aktivitetar som har til hovudformål å følgje opp dei einskilde prioriteringane. Totalinnsatsen vil altså vere høgare enn den målretta innsatsen fordi totalinnsatsen også omfattar prosjekt som er relevante for målområdet, men som høyrer til program og aktivitetar der hovudformålet er eit anna.

Globale utfordringar

Globale utfordringar omfattar forskingsutfordringar knytte til klimaendringar, energitryggleik, tilgang på miljøvennleg energi, mattryggleik, reduksjon av global fattigdom og globale miljøutfordringar. Tyngdepunktet i innsatsen til Forskingsrådet ligg på tilgang på miljøvennleg energi, energitryggleik, miljø- og klimautfordringar og global mattryggleik. I 2012 vart det ferdigstilt ei omfattande evaluering av norsk klimaforsking sett i eit internasjonalt perspektiv. Evalueringa viser at sentrale delar av norsk klimaforsking er i verdstoppen, og at norske forskargrupper har eit høgt omdøme internasjonalt. Det store programmet NORKLIMA har stått sentralt i Forskingsrådets satsing på klimaforsking. Etterfølgjaren KLIMAFORSK vart etablert i 2012. Den målretta innsatsen på Globale utfordringar var på 1,1 mrd. kroner i 2012, noko som er ein svak nedgang sidan 2011. Instituttsektoren er den største aktøren innanfor Globale utfordringar samla sett, etterfølgd av UH-sektoren. Innsatsen til næringslivet er særleg knytt til forsking på energitryggleik, miljøvennleg energi, miljøutfordringar og mattryggleik.

Betre helse og helsetenester

Betre helse og helsetenester omfattar forsking og innovasjon som medverkar til kunnskap om helse og helsefremmande forhold, førebygging, behandling og reduksjon av sjukdommar og funksjonsavgrensingar, og organsering og effektivisering av helse- og omsorgstenestene. Mykje av midlane til helseforsking kjem i Noreg direkte frå helseføretaka, men innsatsen til Forskingsrådet omfattar både grunnleggjande, anvend og tverrfagleg forsking. Den målretta innsatsen på Betre helse og helsetenester i Forskingsrådet var på 559 mill. kroner i 2012. Forskingsrådet si satsing skjer først og fremst gjennom ulike helseprogram, fri prosjektstøtte (FRIMEDBIO) og dei store programma VERDIKT og BIOTEK 2021 (som etterfølgde FUGE frå 2011). I samband med satsinga Fleire aktive og sunne år (FASE) vart det lyst ut midlar til ei ny satsing «Praksisretta FoU for helse- og velferdstenestene» (PraksisVel). I 2012 vart det også utarbeidd eit nytt Stort program, Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester, eit sektorovergripande program som vil vere ein sentral del av satsingsområdet FASE. I 2012 utarbeidde Forskingsrådet strategien Innovasjon i offentleg sektor for Forskingsrådets vidare arbeid med temaet.

Velferd og forskingsbasert profesjonsutøving

Velferd og forskingsbasert profesjonsutøving omfattar forsking frå fleire disiplinar og fagområde, til dømes forsking innanfor arbeidsliv, sjukefråver, oppvekst, migrasjon og integrering, sosial ulikskap, utdanning, profesjonsutøving og -utdanning i velferdsstatens yrker, likestilling og oppgåveløysing i velferdssektorane. Forskingsrådets innsats er særleg retta inn mot forsking om arbeid og arbeidsliv, velferdssamfunnets tenester og organisering, utdanning og læring, samt levekår og demografisk utvikling. Forskingsrådet si målretta innsats innanfor Velferd og forskingsbasert profesjonsutøving var på 218,6 mill. kroner i 2012, ein auke på om lag 20 pst. frå 2011. Auken har funne stad innanfor alle aktivitetane på området. I 2012 er det særleg utdanningsfeltet som har auka, noko som skyldast at programma Utdanning 2020 og PRAKUT no er komne i gang. Innsatsen på området er dominert av handlingsretta program som primært er sikta inn mot offentleg sektor og bransje- og interesseorganisasjonar. I 2012 gjekk 85,8 mill. kroner av løyvinga på området til UH-sektoren, medan 127 mill. kroner gjekk til instituttsektoren.

Næringsrelevant forsking på strategiske område

Næringsrelevant forsking på strategiske område omfattar næringsområda mat, marin, maritim, energi, miljøteknologi, reiseliv, IKT, bioteknologi og nanoteknologi. Næringsrelevant forsking omfattar forsking både i og for næringslivet og byggjer på eit tett samspel mellom næringsliv, universitet, forskingsinstitutt og departement. Det er ulike behov innanfor dei ulike næringsområda. For nokre er det viktig å leggje til rette for direkte stimulering av forskingsaktiviteten i næringslivet, medan det for andre område er viktigare å leggje til rette for samspel mellom akademia og næringsaktørar. Satsinga inkluderer derfor både brukarstyrt forsking og strategisk grunnleggjande forsking av langsiktig karakter. Store program, brukarstyrte program og Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) er dei viktigaste aktivitetane innanfor dette målområdet. Den målretta innsatsen på Næringsrelevant forsking på strategiske område i Forskingsrådet var 1,5 mrd. kroner i 2012. Tala frå 2012 viser at miljøteknologi er det største temaområdet med 33 pst. av det samla volumet. Blant teknologiområda er IKT det viktigaste. Den samla innsatsen innanfor Nanoteknologi/nye materialar, Bioteknologi og IKT utgjer 15 pst. av det samla volumet, ein nedgang frå 2011. Nedgangen skyldast primært at dei nye Store programma BIOTEK 2021 og NANO 2021 har hatt eit lågt aktivitetsnivå i det første driftsåret. Også områda Mat og Marin har hatt ein nedgang frå 2011 til 2012. For matområdet skyldast nedgangen lågt forbruk i første driftsår i det nye programmet BIONÆR, medan nedgangen innanfor området Marin skyldast redusert aktivitet i det Store programmet HAVBRUK.

Kunnskapsbasert næringsliv i heile landet

Kunnskapsbasert næringsliv i heile landet omfattar det arbeidet Forskingsrådet gjer med å leggje til rette for utvikling av langsiktig, næringsrelevant kompetanse i gode forskingsmiljø, og utvikling av eit meir kunnskapsbasert næringsliv uavhengig av geografisk plassering. Innsatsen er mellom anna retta mot å syte for at læring og innovasjon kan auke konkurranseevna og verdiskapinga i norsk næringsliv. Dei viktigaste verkemidla er dei tematiske og bransjeuavhengige forskings- og innovasjonsverkemidla, slike som Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), Senter for næringsdriven innovasjon (SFI), Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI), regionale forskingsfond og ordninga med nærings-ph.d. Den målretta innsatsen innanfor Kunnskapsbasert næringsliv i heile landet hos Forskingsrådet var i 2012 på 650 mill. kroner. Også Skattefunn er eit viktig verkemiddel innanfor dette målet. Skattefunn er ei ordning der norske bedrifter som har forskings- eller utviklingsprosjekt, kan søkje om godkjenning av prosjektet slik at bedrifta kan bruke retten sin til skattefrådrag. Den tiårige satsinga VRI er no i sin andre periode, og programmet vart midtvegsevaluert i 2012. Evalueringa viser at VRI gir viktige bidrag til utviklinga av regionale forskings- og innovasjonssystem og på den måten aukar føresetnaden for innovasjon i bedriftene. Samstundes viser evalueringa at programmet har potensial for forbetring.

6 Ressursar i grunnopplæringa

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om ressursbruken i grunnopplæringa. Talet på elevar og lærlingar er objektive faktorar som er avgjerande for ressursbruken i skolen. Talet på lærarar, skolestruktur og anna har òg innverknad på kostnadsnivået, men dette er til dels gjenstand for lokale prioriteringar og påverka av til dømes tilgang på lærarar.

Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskoleopplæring var i 2012 om lag 67,5 mrd. kroner. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring i 2012 om lag 31,1 mrd. kroner. Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra når det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.

Kapitlet startar med ei orientering om utviklinga i talet på elevar og lærlingar i grunnopplæringa, med informasjon om mellom anna fordeling på utdanningsprogram. Vidare er det ein omtale av lærartettleik og assistentar. Dei neste tema er vaksne i grunnopplæringa, leirskoleordninga, skolefritidsordninga (SFO) og leksehjelp, før det blir gitt ein omtale av kommunale utgifter til grunnopplæring og utgifter per elev, samt skolestruktur, kommunale forskjellar i ressursbruk og tilgang på lærarar. Mot slutten av kapitlet er internasjonale undersøkingar omtalte.

Talgrunnlaget er i hovudsak henta frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune Stat Rapportering) og Utdanningsspeilet 2013 frå Utdanningsdirektoratet.

Elevar og lærlingar i grunnopplæringa

Tabellen under viser utviklinga i elevtalet sidan skoleåret 2007–08.

Tabell 6.1 Talet på elevar i grunnskolen i perioden 2007–08 til 2012–13. Ordinære grunnskolar

Skoleår

Barnetrinnet

Ungdomstrinnet

Totalt

2007–08

429 585

188 725

618 589

2008–09

426 769

189 327

616 139

2009–10

424 052

191 831

615 927

2010–11

423 333

192 549

615 973

2011–12

423 374

190 960

614 413

2012–13

424 993

189 946

614 894

Kjelde: GSI

Om lag 98 pst. av alle elevane som gjekk ut av 10. trinn i grunnskolen våren 2012, gjekk direkte over i vidaregåande opplæring same haust. Dette er same del som året før. Om lag halvparten av elevane som begynte på 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2012, begynte på eit studieførebuande program. Tidlegare var elevar med vedtak om opplæring som fører fram til grunnkompetanse, skilte ut i kategorien alternativ opplæring. Desse er frå 2010–11 inkluderte i totaltala. Tala for Vg1 frå 2010–11 kan derfor ikkje direkte samanliknast med tala frå åra før. Tabellen nedanfor viser talet på elevar på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram på dei tre stega i vidaregåande skole. At talet på elevar på yrkesfaglege program går ned på Vg3 samanlikna med på Vg2, skyldast at dei fleste elevane på dei yrkesfaglege programma blir lærlingar eller vel å ta påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2.

Tabell 6.2 Fordeling av elevar på utdanningsprogram og -nivå i vidaregåande skole

Steg 1

(Vg1)

Steg 2

(Vg2)

Steg 3

(Vg3)

År

Studieførebuande

Yrkesfagleg*

Studieførebuande

Yrkesfagleg

Studieførebuande

Yrkesfagleg

I alt

2009–10

32 772

38 620

30 558

34 963

44 674

5 905

187 492

2010–11

35 508

40 706

29 877

35 386

45 640

6 714

193 831

2011–12

35 993

40 453

30 647

35 238

45 531

6 158

194 020

2012-13

36 802

40 708

31 201

35 185

46 270

6 112

196 278

* Av desse er det nokre elevar med vedtak om opplæring som fører fram til grunnkompetanse. Desse var tidlegare skilte ut i kategorien alternativ opplæring. Tala for Vg1 frå 2010–11 kan derfor ikkje direkte samanliknast med tala frå åra før.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Per 1. oktober 2012 var det registrert 37 246 lærlingar og 1 612 lærekandidatar (kjelde: SSB). Dette er om lag sju pst. fleire lærlingar enn på same tidspunkt i 2011, mens det er om lag sju pst. fleire lærekandidatar. Per 1. oktober 2012 var det totalt 22 564 primærsøkjarar til læreplass (kjelde: Utdanningsdirektoratet). Det er flest søkjarar til læreplassar i teknikk og industriell produksjon, helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk og elektrofag.

For meir informasjon om elevar og lærlingar i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2013.

Lærarårsverk

Årsverk til undervisningspersonale blir berekna på bakgrunn av registrerte årstimar. I 2012 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver 57 458; det er ei marginal endring frå året før.

Tabell 6.3 Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskolen, utvikling i årsverk

År

Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk

Av dette andre oppgåver

2008–09

57 112

6 895

2009–10

57 890

7 236

2010–11

57 705

7 072

2011–12

57 447

6 855

2012–13

57 458

6 965

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

I 2012 var talet på lærarårsverk i vidaregåande skole 21 386. Dette er ein svak auke frå 2011. Sidan 2008 har talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring auka med 540. Auken har mellom anna samanheng med at det har vore vekst i elevtalet i same periode.

Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring

Skoleår

Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, fylkeskommunale skolar ekskl. lange fråvær

2008–09

20 846

2009–10

21 067

2010–11

21 215

2011–12

21 197

2012 –13

21 386

Kjelde: KOSTRA

Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik

Indikatoren «berekna gjennomsnittleg gruppestorleik» kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein totale ordinære timar til undervisning som elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timar lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar (i alle offentlege og private grunnskolar unntekne spesialskolar og utanlandsskolar). Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.

Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne ut gruppestorleik på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid fordi endringar i praksis knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren. Gruppestorleik 2 gir eit bilete av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje mottek særskilde individretta styrkingstiltak.

Dei berekna gruppestorleikane har vore relativt stabile på heile 2000-talet. Tabellen nedanfor viser ein marginal auke i gruppestorleik 1 og uendra gruppestorleik 2 samanlikna med 2011. Ei forklaring på at gruppestorleikane ikkje går ned i særleg stor grad i perioden, er at det er vorte færre små skolar med under 100 elevar, noko som medfører større grupper.

Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik i grunnskolen

År

Gruppestorleik 1

Gruppestorleik 2

2008–09

13,5

16,8

2009–10

13,4

16,6

2010–11

13,4

16,9

2011–12

13,4

16,9

2012–13

13,5

16,9

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Det er stor variasjon i gruppestorleik 2. Figuren nedanfor viser at det er mange kommunar som har ein gruppestorleik som ligg under gjennomsnittet for landet. Dei større bykommunane og store kommunar i sentrale område har oftast høgre gruppestorleik, mens mindre kommunar har lågare gruppestorleik.

Figur 6.1 Gruppestorleik 2: kommunar over og under landsgjennomsnittet, grunnskole

Figur 6.1 Gruppestorleik 2: kommunar over og under landsgjennomsnittet, grunnskole

Kjelde: GSI

Assistentar

Tabellen nedanfor viser at det i heile perioden frå 2007–08 til 2011–12 har vore ein auke i talet på årsverk til assistentar. Frå 2011–12 til 2012–13 har det vore ein nedgang i talet på årsverk til assistentar.

Tabell 6.6 Årsverk til bruk for assistentar med oppgåver knytte til undervisninga i perioden frå 2007–08 til 2012–13

Skoleår

Assistentårsverk

2007–08

7 116

2008–09

7 316

2009–10

7 701

2010–11

8 432

2011–12

8 515

2012–13

8 140

Kjelde: GSI

Frå og med 2009–10 er assistenttimar til spesialundervisning registrerte særskilt i GSI. Sjå omtale under spesialundervisning.

Spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning.

Delen elevar med spesialundervisning i grunnskolar og spesialskolar har auka moderat i dei siste åra, men har vore stabil i dei to siste åra. Hausten 2012 låg delen som fekk spesialundervisning, på 8,6 pst. av alle elevar. Dette er same tal som for hausten 2011. Om lag 68 pst. av alle elevar som mottek spesialundervisning, er gutar. I løpet av barnetrinnet og utover ungdomstrinnet aukar delen av elevar med spesialundervisning. Hausten 2012 hadde 4,3 pst. av elevane på 1. trinn enkeltvedtak om spesialundervisning. På 10. trinn var delen av elevar med spesialundervisning 11,6 pst.

Når det gjeld omfanget av lærarressursar som vart sette av til spesialundervisning, gjekk om lag 18 pst. av lærartimane til spesialundervisning i 2012. Av elevane i ordinær grunnskoleopplæring som hadde enkeltvedtak om spesialundervisning, fekk 96 pst. spesialundervisning med undervisningspersonale. 48 pst. av elevane fekk timar med assistent.

Språklege minoritetar

I opplæringslova § 2-8 heiter det at elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg kunnskap i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Hausten 2012 fekk 44 265 elevar særskild norskopplæring, ei marginal endring frå året før. Elevane har om nødvendig òg rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Hausten 2012 var det 2 770 elevar som fekk berre morsmålsopplæring, 10 731 elevar som fekk berre tospråkleg fagopplæring, og 2 685 elevar som fekk begge delar. Somalisk, arabisk og polsk var dei vanlegaste språka. For meir om dette temaet, sjå Utdanningsspeilet 2013.

Hausten 2012 mottok 1 485 asylsøkjarar i mottak og 73 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter opplæring. For meir om dette, sjå omtale under kap. 225 post 64.

Vaksne i grunnopplæringa

Vaksne som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønskjer det (jf. opplæringslova § 4A-1).

Talet på vaksne som får opplæring på grunnskolenivå, har vore relativt stabilt sidan 2002. Hausten 2012 var det 9 814 vaksne som fekk grunnskoleopplæring. Det tilsvarande talet for 2011 var 10 325. Av dei som fekk slik opplæring i 2012, var det 3 932 som fekk spesialundervisning. Dette er 745 færre enn i 2011.

Vaksne som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa skal tilpassast behova og livssituasjonen til den enkelte.

Vaksne som ønskjer å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan søkje om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkjarane med ungdomsrett, eller dei kan søkje om individuelt opptak basert på realkompetanse. Med dette alternativet blir undervisninga ofte komprimert og/eller avkorta. Vaksne kan òg søkje vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund, men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skolane.

Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkjar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring. Statistikkgrunnlaget for vaksne i vidaregåande opplæring har hatt store manglar. Problema har mellom anna vore knytte til at fylkeskommunane har ulike administrative system for rapportering, og til at dei rapporterer på ulike måtar. Utdanningsdirektoratet har leidd eit arbeid med å betre rutinane og kravspesifikasjonen for registrering og rapportering av deltakinga til vaksne i vidaregåande opplæring, slik at desse manglane har vorte mindre.

Samla deltok 20 253 vaksne i vidaregåande opplæring i skoleåret 2011–12, mot 19 710 året før. Av desse vart om lag tolv pst. realkompetansevurderte.

For meir informasjon om vaksne i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2013.

Leirskole

I skoleåret 2012–13 planla 61 519 elevar å delta på eit leirskoleopphald. Dette utgjer om lag ti pst. av alle elevane i grunnskolen. Talet har lege på om lag ti pst. sidan 2001. Elevar kan få eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. deltek på leirskole kvart år, tyder dette på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen, i samsvar med målsetjinga.

Skolefritidsordninga

Hausten 2012 gjekk i alt 154 707 barn i skolefritidsordning (SFO). Delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på om lag 64 pst. Delen har auka frå 55 pst. i 2002. Om lag 57 pst. av barna i SFO hadde 100 pst. plass. I gjennomsnitt var foreldrebetalinga for ein elev med fulltidsplass i SFO 2 135 kroner per månad i skoleåret 2012–13 (GSI-tal for opphaldstid på 20 timar). I 2011–12 var talet 2 084. Korrigert for prisvekst utgjer dette ein svak auke i prisen.

Leksehjelp på 1.–4. trinn

Frå og med hausten 2010 er det innført eit lovfesta tilbod om åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skoletid for alle elevar på 1.–4. trinn, jf. Innst. 12 S (2009–2010) og Innst. 279 L (2009–2010). Det er lagt til grunn at kommunane skal ha ansvaret for tilbodet, og at det kan organiserast slik det er mest hensiktsmessig ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle, og vere frivillig for kvar enkelt elev. Tal frå GSI viser at i skoleåret 2012–13 deltok 120 918 barn på 1.–4. trinn på leksehjelp. Dette utgjer om lag 50 pst. av elevane. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har SSB gjennomført ei Barnetilsynsundersøking i 2010 (BTU). Både BTU og GSI viser at delen barn som deltek, er lågast på 1. trinn og høgst på 2. og 3. trinn. NOVA har i samarbeid med NIFU evaluert tilbodet om leksehjelp på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Endeleg evalueringsrapport vart lagd fram i juni 2013. Den viser mellom anna at barn av innvandrarar bruker ordninga meir enn andre. Totalt brukte færre barn tilbodet om leksehjelp dersom foreldra deira var norske, hadde høgre utdanning, og barnet budde saman med begge foreldra. Kontrollert for sosialøkonomisk status er forskjellane i deltaking på skolenivå likevel små. Forskarane kan ikkje konkludere med at dei som bruker tilbodet om leksehjelp, har ein klar sosial profil.

Kommunal ressursbruk

Utgifter per elev

Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei driftsutgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skolelokale og skyss. Tabellen nedanfor viser at korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskolen var 98 353 kroner i 2012. Dette er ein auke på om lag fem pst. frå 2011. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 115 093 kroner, og på yrkesfaglege program 140 881 kroner, det vil seie ein auke på om lag 3,4 pst. for begge. Den kommunale deflatoren var i same periode tre pst. Det vil seie at det har vore ein liten realauke i utgifter per elev både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Til tross for ein betydeleg elevtalsvekst i vidaregåande opplæring etter 2004 har fylkeskommunane klart å halde oppe ressursbruken per elev om lag på same nivå.

Tabell 6.7 Korrigerte brutto driftsutgifter per elev, laupande prisar

2009

2010

2011

2012

Grunnskolen

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev

85 971

91 013

93 710

98 353

  • Lønnsutgifter per elev

66 361

70 462

73 242

77 913

  • Driftsutgifter til inventar og utstyr per elev

726

854

850

845

  • Driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev

1 505

1 502

1 445

1 387

Vidaregåande opplæring

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

106 496

108 579

111 262

115 093

  • Lønnsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

64 485

66 265

68 116

71 531

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i yrkesfaglege studieprogram

130 066

132 735

136 203

140 881

  • Lønnsutgifter per elev i yrkesfaglege utdanningsprogram

83 559

85 610

88 351

92 250

Kjelde: KOSTRA, Statistisk sentralbyrå

Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I grunnskolen utgjorde lønnsutgiftene 79 pst. av dei totale driftskostnadene, medan den same delen i vidaregåande opplæring var 62 pst. på allmennfaglege og 65 pst. på yrkesfaglege studieretningar i 2012.

Kommunale forskjellar i ressursbruk

Det er store kommunale forskjellar i ressursbruk i skolen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skolar for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. For å kunne samanlikne kommunar må ein derfor korrigere for driftskostnader for elevtal og indikatorar for busetjingsmønster (reisetid og reiseavstand) – dette blir kalla strukturjustering. Om lag 75 pst. av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skole, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg ein tydeleg effekt på utgiftsnivået. Kommunar med høge inntekter bruker meir pengar på skole. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna skyldast variasjonar i elevsamansetjinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg skyldast ulik politisk prioritering mellom kommunar.

Skolestruktur

I skoleåret 2012–13 var det 2 957 grunnskolar i Noreg. Dette er ein nedgang på 43 skolar frå skoleåret 2011–12. Av dei 2 957 skolane var 171 private grunnskolar godkjende etter privatskolelova og med rett til økonomisk støtte frå staten (kjelde: Udir/Skoleporten.no). Om lag tre pst. av elevane gjekk på ein privat grunnskole hausten 2012. Når grunnskolar blir lagde ned, ser det ut til at det vanlegaste mønsteret er at elevane flytter til eksisterande offentlege skolar heller enn til nye private skolar.

Storleiken på grunnskolane varierer frå berre nokre få elevar til nærmare 800 elevar på dei største skolane. Tabellen nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skolar. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skolar og færre små skolar. I dei siste åra har fordelinga vore om lag uendra.

Tabell 6.8 Fordeling av små, mellomstore og store grunnskolar (i pst.)

1997

2000

2005

2012

Færre enn 100 elevar

40

37

36

32

100–299 elevar

42

41

39

42

300 elevar eller meir

19

22

26

28

Kjelde: GSI

Tabellen viser at det er ein tendens til at det blir færre skolar med mindre enn 100 elevar og fleire større skolar. Sju pst. av elevane går på skolar med mindre enn 100 elevar, 38 pst. går på skolar som har mellom 100 og 299 elevar, og 55 pst. går på skolar med meir enn 300 elevar. Sidan skoleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skolar (meir enn 300 elevar).

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utførte Utdanningsdirektoratet våren 2010 ei kartlegging av skolenedleggingar. I perioden 2007–08 til 2009–10 vart det lagt ned 154 grunnskolar. Nordland og Møre og Romsdal er dei fylka der flest grunnskolar vart lagde ned. Kartlegginga viser at lågt elevtal er den viktigaste årsaka (i 60 pst. av tilfella), saman med kommuneøkonomi (50 pst.) og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar (tolv pst.). I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi er oppgitt som årsak, er dette i kombinasjon med få elevar. Dette tyder på at ønsket om betre ressursutnytting er ein viktig forklaringsfaktor. Totalt omfatta nedleggingane i perioden vel 6 000 elevar. 66 pst. av desse vart flytte til samanslåtte eller eksisterande skolar, 30 pst. til heilt nye offentlege skolar og fire pst. til nye private skolar. 264 elevar har fått meir enn 20 kilometer reiseveg éin veg som følgje av nedleggingane. Dette tilsvarer om lag fire pst. av dei 6 000 elevane.

Hausten 2012 var det 438 vidaregåande skolar i landet. Av desse var 89 private. Det totale talet på vidaregåande skolar er uendra frå året før (kjelde: Udir/Skoleporten.no).

Internasjonale samanlikningar

Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal for 2010 frå OECD (Education at a Glance 2013: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, er Noreg eit av landa med dei høgste utgiftene, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Samla utgifter per elev for heile grunnopplæringa i Noreg var om lag 50 pst. over OECD-snittet. Det er særleg den høge lærartettleiken som forklarer den høge ressursbruken i Noreg, men den delen av arbeidstida til lærarane som blir brukt til undervisning, trekkjer også utgiftene opp, særleg i vidaregåande opplæring. Lønnsnivået til lærarane og talet på undervisningstimar trekkjer ned samanlikna med gjennomsnittet for OECD.

Også målt på bakgrunn av landets økonomiske evne (BNP for Fastlands-Noreg per innbyggjar) er ressursbruken i Noreg høgare enn gjennomsnittet for OECD.

7 Ressursar i barnehagesektoren

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om status for og utvikling i ressursbruken i barnehagesektoren. Frå 1. januar 2011 har kommunane overteke ansvaret for å finansiere barnehagane. Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren har vakse kraftig i dei seinare åra, og er no det tredje største tenesteområdet i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2012 var om lag 41,2 mrd. kroner, og utgjorde om lag tolv pst. av driftsutgiftene i kommunane.

Første del av kapitlet gir ei oversikt over utviklinga i talet på barn i barnehage, og gir mellom anna informasjon om dekningsgradar for ulike aldersgrupper og om opphaldstid i barnehagen. Det neste temaet er barnehagestruktur og organisering av barnehagane. Vidare er det ein omtale av personalet i barnehagane, den formelle kompetansen deira og utdanning av barnehagelærarar (tidlegare førskolelærarar). Kapitlet inneheld òg informasjon om likestilling, minoritetsspråklege barn, tilsette og barn med nedsett funksjonsevne i barnehage. Til sist i kapitlet er det ein omtale av kostnadene i barnehagane.

Talgrunnlaget er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune Stat Rapportering), Barnetilsynsundersøkelsen 2010, Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) og ulike undersøkingar som har vorte gjennomførte på oppdrag frå departementet.

Barn i barnehage

Tabell 7.1 Tal på barn i barnehage, auke i talet på barn i barnehage og barnehageplassar, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2009–12

2009

2010

2011

2012

Tal på barn i barnehage

270 174

277 139

282 737

286 153

Auke i talet på barn i barnehage per år

8 288

6 965

5 598

3 416

Auke i talet på heiltids barnehageplassar

10 100

8 400

7 000

5 200

Dekningsgrad 1–5 år

88,5

89,3

89,7

90,1

Dekningsgrad 1–2 år

77,2

78,8

79,5

80,2

Dekningsgrad 3–5 år

96,2

96,5

96,5

96,7

Dekningsgrad 1 år

68,6

70,4

70,9

69,6

Dekningsgrad 2 år

85,9

87,4

88,0

90,5

Dekningsgrad 3 år

94,5

95,1

95,1

95,3

Dekningsgrad 4 år

96,9

97,1

97,2

97,1

Dekningsgrad 5 år

97,3

97,4

97,3

97,6

Gjennomsnittleg opphaldstid per veke

42,8

43,1

43,4

43,7

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2012 gjekk om lag 286 000 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. I 2011 var tilsvarande tal om lag 283 000 barn, og i 2010 om lag 277 000 barn. I tillegg nytta om lag 5 300 barn open barnehage i 2012. Barn under tre år utgjer 36 pst. av alle barn i barnehage, mot 29 pst. i 2005.

Frå utgangen av 2005 og fram til utgangen av 2012 har i overkant av 62 000 fleire barn fått plass i barnehage. Kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 79 000 nye heiltids barnehageplassar i same periode. Som tidlegare år gjekk også ein god del av kapasitetsveksten i barnehagesektoren i 2012 med til å auke opphaldstida til barn som allereie hadde plass i barnehage. I åra 2009–11 vart det etablert 1,2 heiltidsplassar for kvart nytt barn som kom i barnehage. I 2012 har dette talet auka til 1,5. Det har dermed vore bygt fleire barnehageplassar enn det har komme nye barn i barnehagen.

I 2012 hadde 90 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen mot 88 pst. i 2011. Det vil seie avtalt opphaldstid i veka på 41 timar eller meir. Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid har i same periode auka frå 43,4 til 43,7 timar per veke. I 2003, da barnehageforliket vart inngått i Stortinget, hadde 60,8 pst. av barna heiltidsplass i barnehage, og gjennomsnittleg avtalt opphaldstid var 38,1 timar per veke.

Det er viktig å skilje mellom avtalt opphaldstid og barnas faktiske opphaldstid. I Barnetilsynsundersøkelsen 2010 spurte SSB foreldra om når dei vanlegvis leverer og hentar barna, det vil seie faktisk opphaldstid. Undersøkinga viser at få barn har svært lange dagar i barnehagen. Berre 19 pst. nyttar heile plassen, det vil seie at dei lèt barna vere i barnehagen i 41 timar eller meir per veke. Det store fleirtalet av barnehagebarna (om lag 70 pst.) har ei faktisk opphaldstid i barnehagen på 25–40 timar i veka, og i gjennomsnitt er barna i barnehagen 35 timar i veka. Både den avtalte og den faktiske opphaldstida er nesten identiske for alle aldersgrupper. Det vil seie at eittåringar og femåringar er like lenge i barnehagen.

Dekningsgraden for barn i alderen eitt til fem år var i 2012 90,1 pst., som er ein auke frå 89,7 pst. ved utgangen av 2011. Tilsvarande tal for 2009 var 88,5 pst. Den største auken i veksten i talet på barn er for barn over tre år. Auken her var på i overkant av 2 000 barn. For barn i aldersgruppa tre til fem år auka dekningsgraden frå 96,5 pst. til 96,7 frå 2011 til 2012. For barn i aldersgruppa eitt til to år auka dekningsgraden frå 79,5 pst. til 80,2 pst. frå 2011 til 2012.

Tabell 7.2 Tal på barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2009–12

2009

2010

2011

2012

Offentlege

145 046

147 180

148 822

150 777

– kommunale

143 454

146 051

147 909

149 949

– fylkeskommunale/statlege

1 592

1 129

913

828

Private

125 128

129 959

133 915

135 376

– kyrkjelyd/trussamfunn

7 769

7 723

7 612

7 551

– foreldreeigd

33 170

33 083

33 169

32 285

– husmorlag/sanitetsforening

1 139

1 151

1 032

907

– bedrift

33 039

30 724

36 681

39 101

– pedagogisk/ideologisk org.

4 900

8 048

8 109

8 117

– enkeltpersonar

18 692

18 183

18 398

16 801

– andre

26 419

31 047

28 914

30 614

I alt

270 174

277 139

282 737

286 153

Note: Barn som går i familiebarnehagar, er inkluderte i tabellen. I 2012 gjekk 375 barn i offentlege familiebarnehagar, og 6 004 barn gjekk i private familiebarnehagar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2012 var det 6 397 barnehagar i Noreg inkludert familiebarnehagar og opne barnehagar. Om lag 53 pst. av desse var private. Frå 2010 til 2012 har det vore ein reduksjon på 182 barnehagar. 3 416 fleire barn begynte i barnehage i 2012. Tidlegare har private barnehagar stått for hovudtyngda av veksten i barnehageplassar. Dette er endra i 2012, da 57 pst. av veksten i talet på barn i barnehage var i offentlege barnehagar, mot 29 pst. i 2011.

Offentleg og privat del av barnehagesektoren er framleis relativt jamstore. I 2012 hadde 53 pst. av barna plass i ein offentleg barnehage, medan 47 pst. hadde plass i ein privat barnehage.

Barnehagestruktur

Tabell 7.3 Tal på barn i barnehage og tal på barnehagar etter barnehagestorleik, 2010–12

2010

2011

2012

Barn i barnehage

Barnehagar

Barn i barnehage

Barnehagar

Barn i barnehage

Barnehagar

1–25 barn

28 528

2 197

25 852

2 007

25 216

1 938

26–50 barn

66 762

1 794

67 813

1 826

65 163

1 756

51–75 barn

96 818

1 570

96 927

1 571

97 830

1 593

76 barn eller fleire

85 031

872

92 145

936

97 944

986

I alt

277 139

6 433

282 737

6 340

286 153

6 273

Note: Opne barnehagar er ikkje inkluderte i talet på barnehagar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Talet på store barnehagar har auka i dei siste åra, og stadig fleire av barnehagebarna går i store barnehagar. I 2012 gjekk 34 pst. av alle barnehagebarn i barnehagar med 76 barn eller fleire, mot 33 pst. i 2011. Gjennomsnittsstorleiken på norske barnehagar i 2012 er 47 barn.

Den tradisjonelle avdelingsbarnehagen er framleis den vanlegaste organisasjonsforma. I gjennomsnitt er det 49 barn i ein avdelingsbarnehage mot 61 barn i ein basebarnehage.

Ei undersøking som IRIS gjorde i 2010, viste at gjennomsnittleg gruppestorleik for barn under tre år var 12,4 barn og for grupper med barn over tre år 18,7 barn. For aldersblanda grupper var gruppestorleiken 17,6 barn. Den gjennomsnittlege gruppestorleiken er vesentleg større i barnehagar etablerte etter 2005 enn i barnehagar som er etablerte tidlegare. Tal frå SSB si undersøking Barnefamiliers tilsynsordninger, 2010 kan tyde på at gruppestørrelsen i gjennomsnitt er aukande. Mellom anna viser ei undersøking frå 2011 at 20 pst. av eittåringane og 27 pst. av toåringane går i grupper på 15 barn eller meir.

Dess større barnehagen er målt i talet på barn, dess større er barnegruppene. Gjennomsnittleg storleik på reine småbarnsgrupper i dei aller minste barnehagane (med færre enn 30 barn) er 9,2 barn. I barnehagar med 80–99 barn og over 100 barn er dette talet høvesvis 14 og 13,2 barn.

Tabell 7.4 Gjennomsnittleg tal på barn per gruppe etter organiseringa av barnehagen

Type grupper

Heilt/delvis avdelingsbasert

Mellom avdelingsbasert og avdelingsfri

Heilt/delvis avdelingsfri

Barnehagar med ei gruppe

Total

Både små og store barn

17,3

17,9

19,9

17,3

17,6

Berre små barn

12,2

12,6

14,8

12,4

Berre store barn

18,8

18,0

22,7

18,7

Kjelde: International Research Institute of Stavanger (IRIS) (2011): «Barnehagens organisering og strukturelle faktorers betydning for kvalitet». Rapport IRIS – 2011/09

Gruppestorleikar varierer med organiseringsform, jamfør tabell 7.4. Avdelingsfrie barnehagar har gjennomsnittleg fleire barn per gruppe enn avdelingsbaserte barnehagar. Dette gjeld uansett samansetjing av barnegruppa.

Statistikken viser at grunnbemanninga i barnehagane i gjennomsnitt er 6,2 barn per vaksen dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid. Dette talet har vore tilnærma konstant i dei siste ti åra jf. figur 7.1.

Figur 7.1 Talet på barn per årsverk (2002–12)

Figur 7.1 Talet på barn per årsverk (2002–12)

Note: Omgrepet «vaksen» er målt i årsverka til pedagogiske leiarar og assistentar.

Kjelde: SSB

Personalet i barnehagen

Barnehagar med kompetente tilsette er ein føresetnad for å kunne gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod. Det blir slått fast i Meld. St. 24 (2012–2013) Framtidens barnehage og det ligg til grunn for regjeringas kompetansesatsing og den nye kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020. KOSTRA-tal syner at talet på styrarar og pedagogiske leiarar med pedagogisk utdanning, det vil seie barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning, auka med 1 289 personar frå 2011 til 2012.

Delen pedagogiske leiarar og styrarar med godkjend utdanning er ikkje lik over heile landet. Mange stader opplever dei å ha tilstrekkeleg godt kvalifisert pedagogisk personell i barnehagane, medan andre slit med rekrutteringa. Oslo og Akershus er framleis dei fylka som har størst vanskar med å rekruttere nok pedagogar.

Tabell 7.5 Personalet i barnehagen, 2010–12

2010

2011

2012

Tal på tilsette

87 401

88 823

91 239

Tal på årsverk

70 212

71 588

73 233

Tal på barn per årsverk

3,9

3,9

3,9

– i offentlege barnehagar

3,9

3,9

3,8

– i private barnehagar

4,0

4,0

4,0

Tal på styrarar og pedagogiske leiarar

29 915

31 022

32 198

Styrarar og pedagogiske leiarar med godkjend pedagogisk utdanning

27 150

28 203

29 492

– i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar

90,8

90,9

91,6

Tilsette med pedagogisk utdanning

31 404

32 211

34 083

– i pst. av dei tilsette som arbeider med barn

39,1

39,4

40,8

Tilsette med barnehagelærarutdanning

28 007

28 761

30 388

– i pst. av dei tilsette som arbeider med barn

34,8

35,2

36,4

Tilsette med barne- og ungdomsfagleg utdanning

10 164

10 934

11 697

– i pst. av dei tilsette som arbeider med barn

12,6

13,4

14,0

Note: Tilsette som arbeider med barn, inkluderer alle tilsette unnteke adm./merkantilt personale og anna lønna hjelp (vaktmester, reingjering etc.)

Kjelde: Kunnskapsdepartementet og Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2012 var det 91 239 tilsette som utførte 73 233 årsverk i barnehagane. Dette er ein auke på 1 645 årsverk frå året før. I overkant av 32 000 av dei tilsette var styrarar og pedagogiske leiarar. Sidan 2010 har talet på tilsette auka med nærmare 4 000 personar.

Tabell 7.6 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskolar og universitet, 2008–12

2008

2009

2010

2011

2012

Opptak til førskole-/barnehagelærarutdanning

2 556

2 597

2 776

2 553

2 940

– av dette menn

313

368

429

425

543

– del menn (i pst.)

12,2

14,2

15,5

16,6

18,5

Uteksaminerte førskole-/barnehagelærarar

1 365

1 532

1 679

1 777

1 897

– av dette menn

148

170

168

162

227

– del menn (i pst.)

10,8

11,1

10,0

9,1

12,0

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Talet på studentar som vart tekne opp til førskole- og barnehagelærararutdanninga auka frå 2 556 i 2008 til 2 940 i 2012. Talet på ferdig uteksaminerte førskole- og barnehagelærarar auka frå 1 365 til 1 897 i same tidsrom. Moglegheitene for førskole- og barnehagelærarstudium har samtidig blitt meir mangfaldige og tilgjengelege, med studieplassar fordelte på både ordinær barnehagelærarutdanning, arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid for barnehagelærarar og vidareutdanning i barnehagepedagogikk for pedagogar med minst tre års høgre utdanning.

Likestilling

Regjeringa har eit mål om at delen mannlege tilsette skal komme opp i 20 pst. for alle barnehagar. For meir omtale av likestilling og arbeid mot diskriminering, sjå kap. 8.

Tabell 7.7 Menn i barnehagane, 2008–12

2008

2009

2010

2011

2012

Menn tilsette i basisverksemd

4 985

5 636

6 106

6 238

6 429

– i pst. av tilsette i basisverksemd

7,3

7,9

8,3

8,3

8,5

Styrarar og pedagogiske leiarar

1 671

1 889

2 030

2 110

2 272

Assistentar

3 314

3 747

4 076

4 128

4 157

Note: Assistentar inkluderer ikkje tospråklege assistentar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Tal frå SSB viser at av alle tilsette i basisverksemda i barnehagen i 2012 var om lag 8,5 pst. menn, totalt om lag 6 400 personar. Dette omfattar styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje kategorien tospråklege assistentar). Frå 2011 til 2012 har talet på menn i basisverksemda auka med 191 personar, det vil seie ein auke på om lag tre pst.

14,8 pst. av barnehagane hadde minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda si i 2012.

Minoritetsspråklege barn og tilsette i barnehage

Talet på minoritetsspråklege barn i barnehage har auka frå 30 508 i 2011 til 34 363 i 2012. I 2012 gjekk 75 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage. Det er ein auke på to prosentpoeng frå 2011. I 2012 gjekk nærmare 97 pst. av minoritetsspråklege femåringar i barnehage. Dette er ein svak auke frå 2011.

Staten gir eit øyremerkt tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63.

Tabell 7.8 Minoritetsspråklege barn i barnehage, alder 0–6 år, 2009–12

2009

2010

2011

2012

Tal på minoritetsspråklege 0–6-åringar i barnehage

25 079

27 455

30 508

34 363

Dekningsgrad minoritetsspråklege 1–5-åringar

71,1

71,7

73,0

75,0

Dekningsgrad minoritetsspråklege 1-åringar

33,0

34,5

36,8

36,5

Dekningsgrad minoritetsspråklege 2-åringar

55,5

56,8

59,4

68,2

Dekningsgrad minoritetsspråklege 3-åringar

81,8

84,1

83,7

85,5

Dekningsgrad minoritetsspråklege 4-åringar

92,4

93,0

94,5

92,0

Dekningsgrad minoritetsspråklege 5-åringar

95,2

94,7

96,4

96,9

Note: Minoritetsspråklege barn blir her definerte som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål. Alle tal er oppdaterte i tråd med ny definisjon for berekning av delen minoritetsspråklege barn i barnehage.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Tabell 7.9 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre sysselsette i barnehagar. Alle arbeidsforhold, 2009–12

2009

2010

2011

2012

Barnehagelærar av yrke og/eller med barnehagelærarutdanning

1 339

1 515

1 714

1 861

I pst. av alle barnehagelærarar

4,9

5,3

5,8

6,0

Anna pedagogisk personell i barnehagane

251

275

276

774

I pst. av alt anna pedagogisk personell

15,1

15,3

14,5

31,4

Barnehageassistentar

6 079

6 863

7 825

7 971

I pst. av alle assistentar

12,2

13,2

14,4

14,6

Anna personell

1 660

1 805

1 846

1 613

I pst. av alt anna personell

14,5

16,7

18,1

19,5

Del innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre sysselsette i barnehagar, alle arbeidsforhold

10,3

11,2

12,1

12,7

Note: Den sterke auken i «anna pedagogisk personell» og «i pst. av alt anna pedagogisk personell» frå 2011 til 2012 skyldast at SSB har endra metode for innsamling av data knytte til sysselsette med innvandrarbakgrunn.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

I 2012 var seks pst. av dei som var barnehagelærarar av yrke og/eller med barnehagelærarutdanning, innvandrarar. Det er ein liten auke frå 2011. Tilsvarande hadde om lag 31 pst. av anna pedagogisk personell, 15 pst. av assistentane og 20 pst. av anna personell i barnehagane innvandrarbakgrunn i 2012. Delen personell med innvandrarbakgrunn har auka i alle stillingskategoriar sidan 2009.

Av om lag 7 700 studentar i barnehagelærarutdanninga i 2012 var 7,4 pst. innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. I 2009 var delen 6,1 pst.

Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

Barnehagar er eit viktig pedagogisk tiltak for barn med nedsett funksjonsevne. Barn med nedsett funksjonsevne skal derfor ha prioritet ved opptak. I 2012 var det 14 917 barn med nedsett funksjonsevne og særskilde behov i barnehagen, og av desse fekk om lag 8 400 barn ekstra ressursar. Av dei 8 400 fekk 6 577 barn under opplæringspliktig alder spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova. Dette tilsvarer om lag 2,3 pst. av alle barn som går i barnehagen.

I undersøkinga som IRIS har gjennomført på vegne av departementet i 2010, er eitt av tema delen spesialpedagogar i barnehagane. Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter opplæringslova. Spesialpedagogisk kompetanse er viktig for å identifisere behov for spesialpedagogisk hjelp hos barn i barnehagen. IRIS framhevar derfor at den spesialpedagogiske kompetansen er ein del av den strukturelle kvaliteten til barnehagen. Undersøkinga viser at det er fleire spesialpedagogar i dei store barnehagane enn i dei små.

Kostnader i og finansiering av barnehagar

Tabellen nedanfor viser kostnader per korrigerte opphaldstime i 2011 og 2012 for kommunale barnehagar, ikkje-kommunale barnehagar og private familiebarnehagar. Dei ordinære driftskostnadene i ikkje-kommunale barnehagar utgjer om lag 92 pst. av kostnadene til ordinær drift i kommunale barnehagar. Frå 2011 til 2012 har kostnadene til ordinær drift i kommunale barnehagar auka nominelt med 4,7 pst. I ordinære ikkje-kommunale barnehagar auka dei ordinære driftskostnadene nominelt med 3,8 pst.

Tabell 7.10 Kostnader per korrigerte opphaldstime ordinære barnehagar og familiebarnehagar 2011–12 i kroner

2011

2012

Kommunale barnehagar

Ordinære ikkjekommunale barnehagar

Private familiebarnehagar

Kommunale barnehagar

Ordinære ikkjekommunale barnehagar

Private familiebarnehagar

Kostnader per korrigerte opphaldstime – ordinær drift

53,57

49,83

59,72

56,08

51,73

61,18

Kostnader per korrigerte opphaldstime – særskild tilrettelegging for barn med spesielle behov

5,23

0,67

0,17

5,73

0,65

0,18

Sum kostnader per korrigerte opphaldstime

58,80

50,50

59,89

61,81

52,38

61,36

Note: Tala for 2011 er endra som følgje av overgangen til bruk av nye forhaldstal for fordeling av kostnader mellom store og små barn. For ei nærmare drøfting av utvalet og nytta utrekningsmetode, sjå rapport frå den aktuelle analysa.

Kjelde: Telemarksforsking (2013): «Foreløpig notat. Analyse av kostnader i barnehagene 2012».

Som tabellen nedanfor viser er foreldrebetalinga vesentleg redusert for alle inntektsgrupper etter innføring av maksimalprisen. Reduksjonen i foreldrebetalinga har vore høgre for hushald med høg inntekt enn for hushald med låg inntekt. Maksimalprisen er frå 2005 til 2013 redusert frå 2 750 kroner per månad til 2 330 kroner i 2013. Dette er ein reell reduksjon på om lag 35 pst. eller 1 260 kroner (2013-kroner) per månad.

Tabell 7.11 Gjennomsnittlege månadssatsar i kroner (vekta) for foreldrebetaling etter bruttoinntekt, barn over tre år med fulltidsopphald i kommunale barnehagar, 2003–13

250 000

375 000

500 000

Januar 2003

2 579

3 008

3 097

Januar 2004

2 360

2 731

2 805

Januar 2005

2 356

2 691

2 741

Januar 2006

2 010

2 199

2 257

Januar 2007

2 017

2 235

2 289

Januar 2008

2 114

2 265

2 296

Januar 2009

2 060

2 208

2 261

Januar 2010

2 077

2 218

2 263

Januar 2011

2 160

2 237

2 277

Januar 2012

2 145

2 262

2 297

Januar 2013

2 125

2 258

2 298

Note: Kostpengar og tilleggsutgifter er ekskluderte. Laupande nominelle prisar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (2013): «Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2013», Rapportar 28/2013

8 Likestilling og arbeid mot diskriminering

Arbeidet med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid som startar i barnehagen, førast vidare i skolen og må liggje til grunn i universitets- og høgskoleinstitusjonane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.

Barnehagen

Formålsparagrafen i barnehagelova slår mellom anna fast at barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. I dette ligg det at barnehagen skal vere ein inkluderande arena for alle barn.

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen har grundig omtale av verdigrunnlaget for barnehagen. For å støtte arbeidet med rammeplanen i barnehagen har departementet utarbeidd eigne temahefte, mellom anna om barn med nedsett funksjonsevne, om samiske barn, om språkleg og kulturelt mangfald og om likestilling. Målet er at hefta skal formidle kunnskap og erfaringar som grunnlag for refleksjon og praksis for dei tilsette i barnehagen. Eitt av fagområda i rammeplanen er etikk, religion og filosofi. Gjennom arbeidet med dette skal barnehagen mellom anna bidra til at barna utviklar toleranse og interesse for kvarandre og respekt for bakgrunnen til den einskilde uavhengig av kultur, religion eller livssyn.

Barnehagen skal oppdra barn til både å møte og skape eit likestilt samfunn, og byggje verksemda si på prinsippet om likestilling mellom kjønna. Dei tilsette skal sjå og høyre på alle barna, og dei skal oppmuntre barna til i fellesskap å delta i all slags aktivitet i barnehagen.

Likestillingsarbeid er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid, samtidig som det krev handling her og no. Departementet arbeider for å fremme ein pedagogikk som medverkar til både likestilling mellom kjønna og til å auke rekrutteringa av menn til barnehagen. Barn treng både mannlege og kvinnelege rollemodellar. Ein betre kjønnsbalanse i barnehagen er også viktig for å kunne sikre personale med variert kompetanse.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at av alle tilsette i barnehagen i 2012 i alle stillingskategoriar var om lag elleve pst. menn, om lag 9 600 personar. Dette omfattar stillingskategoriar som spesialpedagogar, tospråklege assistentar, personlege assistentar, sivilarbeidarar og vaktmeistrar. Viss vi berre ser på tilsette i basisverksemda, altså dei som arbeider med heile barnegruppa, utgjorde menn om lag 6 400 personar, altså 8,5 pst. Dette omfattar berre styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje kategorien tospråklege assistentar). Frå 2011 til 2012 har talet på menn i basisverksemda auka med om lag 191 personer, det vil seie ein auke på om lag tre pst. I dei fire siste åra har delen mannlege barnehagetilsette i basisverksemda auka med 29 pst., frå 4 985 menn i 2008 til 6 429 menn i 2012. Denne auken har ført til at delen menn av dei tilsette i basisverksemda har halde seg stabil til tross for stor utbygging.

Regjeringa har eit mål om at delen mannlege tilsette skal komme opp i 20 pst. for alle barnehagar. I 2012 hadde 47 pst. av barnehagane minst ein mannleg tilsett i basisverksemda, og 14,8 pst. av barnehagane hadde minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda. Dette er om lag same del som i 2011, da prosentdelen var 14,7 pst.

I 2012 utgjorde menn 13,6 pst. av dei totalt 7 716 studentane på barnehagelærarutdanninga mot 13,2 pst. av totalt 7 525 studentar i 2011. Våren 2012 fullførte 1 897 studentar barnehagelærarutdanninga, og av dette var 227 menn, noko som tilsvarer tolv pst., mot 9,1 pst. våren 2011. Hausten 2012 starta 542 mannlege og 2 357 kvinnelege studentar på barnehagelærarutdanninga, så menn utgjorde 18,7 pst. For 2013 har delen mannlege søkjarar med barnehagelærarutdanninga som førsteval gått opp frå 16,6 pst. i 2012 til 17,2 pst.

Det viktige arbeidet med å rekruttere fleire menn til barnehagen og å fremme likestilling mellom kjønna er omfatta av regjeringas handlingsplan Likestilling 2014 – Regjeringens handlingsplan for likestilling mellom kjønnene. I handlingsplanen er det tre tiltak på barnehageområdet:

  • Kompetanseheving i barnehagane: å utarbeide og gjennomføre tiltak for å heve kompetansen hos tilsette i praktisk likestillingsarbeid i norske barnehagar, slik at arbeidet i barnehagane speglar verdigrunnlaget i rammeplanen.

  • Likestillingsteam i alle fylke: Likestillingsteama skal arbeide for å rekruttere og halde på menn i barnehagane. På bakgrunn av erfaringar og lokale behov skal det også leggjast til rette for kompetansetiltak, lokalt utviklingsarbeid og erfaringsspreiing for å fremme likestilling mellom gutar og jenter i barnehagen.

  • Statusundersøking: å gjennomføre ei ny statusundersøking for likestillingsarbeidet i barnehagen i løpet av 2014.

Gjennom kompetanse- og rekrutteringsprosjektet GLØD arbeider departementet vidare med å auke rekrutteringa av pedagogar og andre kompetente tilsette til barnehagane, og dette inkluderar arbeidet med å rekruttere menn. Fylkesmannen er pålagd å opprette likestillingsteam i alle fylke for å føre vidare arbeidet med både å rekruttere menn og fremme likestilling i barnehagane. Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH) har ansvaret for å drifte nettstaden mennibarnehagen.no. Intensjonen er at nettstaden skal vere ein arena for informasjon og deling av erfaringar. Vinteren 2012 vart sida fornya som ei følgje av regjeringas handlingsplan Likestilling 2014.

Senter for IKT har utarbeidd nettstaden Min stemme i samband med stemmerettsjubileet i 2013 og grunnlovsjubileet i 2014. Min stemme tilbyr faglege ressursar og oppgåver til bruk i barnehage og skole. Eit av hovudtema på nettstaden er likestilling. I ein minidokumentar får vi mellom anna vite kva barn i Noreg har å seie om likestilling.

Det er sett i verk tiltak for å heve kompetansen hos dei tilsette om praktisk likestillingsarbeid i barnehagane. Likestillingssenteret har ansvaret for kompetansetiltaka. DMMH og barnehagekjeden Kanvas er samarbeidspartar i dette arbeidet. Det er utarbeidd ei rettleiing for likestilt pedagogisk praksis: Søt eller tøff – et fritt valg?

For foreldre til barn med nedsett funksjonsevne representerer barnehagen avlasting, tryggleik og støtte. Barn med nedsett funksjonsevne har prioritet ved opptak i barnehage. I 2012 hadde litt under 15 000 barn i barnehage nedsett funksjonsevne eller særskilde behov, noko som tilsvarer 5,2 pst. av alle barn i barnehage. Det vart gitt ekstra ressursar til nesten 8 400 barn, det vil seie 2,9 pst.

Det fysiske miljøet i barnehagen skal vere tilrettelagt slik at alle barn får gode moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar. I 2002 rapporterte 75 pst. av styrarane at barnehagen var lagd til rette på denne måten. I 2012 var delen auka til 92 pst., noko som er svært positivt.

Grunnopplæringa

Søkjelys på utradisjonelle utdanningsval

Regjeringas handlingsplan for likestilling mellom kjønna, Likestilling 2014, Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei og Meld. St. 44 (2012–2013) Likestilling kommer ikke av seg selv inneheld tiltak på området til grunnopplæringa. Mellom anna vil ein rette søkjelyset mot dei tradisjonelle utdannings- og yrkesvala. Regjeringa ønskjer ikkje å styre utdannings- og yrkesval, men først og fremst å satse på systematisk, holdningsskapande arbeid og aktive tiltak.

Målet om å jamne ut skilnadene i val av utdanning allereie på vidaregåande nivå er viktig for å oppnå ei vidare økonomisk likestilling. Skeiv kjønnsbalanse i utdanning og arbeidsliv gjer at vi ikkje drar full nytte av ressursane og talenta til båe kjønn. Det er presisert i forskrift at den einskilde eleven skal ha hjelp til å utvikle seg og utnytte evnene sine utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller. Rapportar har vist at verken rådgivarar eller skolar gir nok merksemd til moglegheitene for utradisjonelle utdanningsval.

I arbeidet med Likestilling 2014 ser ein på korleis kjønnsperspektivet er teke hand om i etter- og vidareutdanning av rådgivarar, og korleis det kan forsterkast og forbetrast.

Utdanningsdirektoratet har starta eit opplegg med kompetanseutvikling for rådgivarar med vekt på kjønnsutradisjonelle val.

Fleire prosjekt for rettleiing og informasjon til elevar og foreldre om kjønnsutradisjonelle utdanningsval er no sette i gang.

PISA-undersøkingane viser at gutar på ungdomstrinnet har særleg svake resultat i lesing. Kunnskapsdepartementet vil satse på kompetanse i leseopplæring for gutar i tråd med Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter.

Det er sett i gang eit forsøk med arbeidslivsfag på ungdomstrinnet for å styrkje interessa til elevane for yrkesfag i vidaregåande opplæring. Evalueringa av forsøket vil komme hausten 2013. Førebelse resultat viser at både elevar og lærarar er svært tilfredse med arbeidslivsfaget. Departementet meiner at faget hjelper til med å styrkje ungdomstrinnet og opnar for ei breiare kunnskapsforståing. Det gir også fleire elevar opplevinga av meistring og motivasjon. Departementet tek sikte på at arbeidslivsfag blir gjort obligatorisk dersom sluttevalueringa viser eit samla positivt heilskapsbilete. Departementet vil også vurdere kompetanseutvikling for lærarar og rådgivarar i faga arbeidslivsfag og utdanningsval og leggje vekt på kjønnsutradisjonelle val.

I Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei blir det meldt om ein gjennomgang av læreplanen i faget utdanningsval. Eit av formåla med gjennomgangen er å sikre at skolane i større grad legg til rette for utprøving av kjønnsutradisjonelle yrke, og at faget i tilstrekkeleg grad gir elevane grunnlag for å gjere val av utdanning og yrke uavhengig av kjønnstradisjonar. Det skal vurderast korleis kjønn er teke i vare i undervisninga av faget utdanningsval på ungdomsskoletrinnet.

Kunnskapsdepartementet har fastsett ny læreplan i samfunnsfag, og i den samanhengen er det teke inn kompetansemål som forsterkar merksemda på kjønnslikestilling.

Det nye valfaget på ungdomstrinnet, demokrati i praksis, som vart fastsett frå skoleåret 2013–14, har omtale av arbeidet med kjønnslikestilling.

Læreplanane, mellom anna i samfunnsfag, legg også vekt på kompetansemål som fremmer elevane sine holdningar mot vald, krenkingar, vald knytt til seksualitet og vald i nære relasjonar. Nye læreplanar vart fastsette frå skoleåret 2013–14.

Seksualundervisning m.m i skolen

Mange lærarar ønskjer hjelp utanfrå i arbeidet med tema som seksualundervisning, krenkingar, vald knytt til seksualitet, og liknande. Derfor er det til dømes stor interesse for prosjekt som Rosa kompetanse skole og Uke Sex.

Organisasjonen Sex og politikk har fått stønad frå Kunnskapsdepartementet til prosjektet Uke Sex sia lanseringa i 2011. (Prosjektet er i 2013 tildelt midler via tilskottsordninga til Utdanningsdirektoratet.) Uke Sex er ein undervisningskampanje som gir supplerande materiale til undervisning om seksualitet. Uke Sex kan nyttast av skolar, skolehelsetenesta, helsestasjonar for ungdom og andre som underviser barn og unge.

Materialet kan brukast i fleirfaglege samarbeidsprosjekt, så vel som av den einskilde læraren.

Kunnskapsdepartementet har óg gitt økonomisk stønad til prosjektet Rosa kompetanse skole, (midler i 2013 via tilskottsordninga til Utdanningsdirektoratet). Hovudmålet med prosjektet er å auke kompetansen om lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i skolen. Rosa kompetanse skole er eit undervisningsopplegg som først og fremst vender seg til lærarar, tilsette i skole og skoleadministrasjon, men også skolehelsetenesta og elevane sjølve. Målet er ein skole der lesbiske, homofile, bifile og transpersonar skal kunne vere seg sjølve og ikkje oppleve å bli stengde ute eller bli mobba.

Kunnskapsdepartementet har, gjennom tilskottsordninga i Utdanningsdirektoratet, i 2013 også gitt driftsstønad til organisasjonen Skeiv ungdom, som arbeider mot fordommar og diskriminering mot unge lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

BLIKK er eit magasin retta mot lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Sidan 2006 har magasinet, med midlar frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, blitt distribuert til 500 bibliotek i heile landet. Skolebiblioteka er prioriterte.

Barn og unge med særskilde behov

Stortinget har handsama Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap, jf. Innst. 405 S (2010–2011) og Innst. 50 S (2011–2012). Meldinga er ei oppfølging av NOU 2009: 18 Rett til læring. Stortinget støttar måla og tiltaka i meldinga. Meldinga inneheld fleire tiltak for å sikre tidleg innsats og gode læringsmiljø for barn, unge og vaksne med særlege behov. Det overordna målet med meldinga er å medverke til at skolar møter det mangfaldet av føresetnader og evner elevane har, gjennom tilpassa opplæring, og å førebyggje vanskar gjennom gode læringsmiljø. Elevar som ikkje får eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, skal sikrast dette gjennom spesialundervisning av god kvalitet. Meldinga skal gjere sitt til at gjeldande rettar til barn, unge og vaksne med særskilde behov blir realiserte.

Kunnskapsdepartementet vil i 2014 arbeide vidare med tiltak som står omtalte i Meld. St. 18 (2010–2011). Eitt av tiltaka er ei omorganisering av Statped. Frå 1. januar 2013 er Statped etablert som ei verksemd med ei sentral leiing og med fire fleirfaglege regionsenter. I 2014 vil arbeidet med å utvikle organisasjonen halde fram. Dette inkluderer at Statped vidareutviklar spisskompetansen og sikrar fleirfagleg tenesteyting. Eit anna viktig tiltak i 2014 vil vere å setje i verk ein etter- og vidareutdanningsstrategi for PP-tenesta. Departementet vil vie meir merksemd til forskjellane i talet på gutar og jenter som får spesialundervisning. I skoleåret 2011–12 var 67,5 pst. av dei som får spesialundervisning, gutar. I skoleåret 2012–13 var talet 67,8 pst.

Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap

Kunnskapsdepartementet deltok i arbeidet med Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap frå Barne-, likestillings- og integreringsdepartemenet. Meldinga støtta seg mellom anna til NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. I perioden 2013–18 vil regjeringa bruke 30 mill. kroner årleg på eit kompetanselyft for å styrkje fleirkulturell kompetanse i heile utdanningssektoren. Sentrale tema i satsinga er fleirkulturell pedagogikk, fleirspråklegheit, andrespråkspedagogikk og vaksenpedagogikk. Meldinga inneheld tiltak retta mot heile utdanningsløpet for å sikre at alle barn og vaksne skal få eit godt utbytte av opplæringa. Departementet vil mellom anna heve kompetansen for rådgivarar i skolen med vekt på kjønnslikestilling og behova til elevar med innvandrarbakgrunn, og rekruttere fleire menn og fleire personar med innvandrarbakgrunn til lærarutdanningane. Det er også løyvt 6 mill. kroner årleg til å gi tilskott til verksemder som tek inn lærlingar med svake norskdugleikar og kort butid i Noreg.

Skolen skal arbeide mot antisemittisme og rasisme

I mai 2010 sette departementet ned ei arbeidsgruppe for å finne løysingar på korleis skolen kunne arbeide meir systematisk og heilskapleg mot rasisme, antisemittisme og diskriminering. I januar 2011 kom gruppa med anbefalingane sine i rapporten Det kan skje igjen. Rasisme og antisemittisme i skolen gir grunn til uro, og det er svært alvorleg for dei elevane som opplever å bli trakasserte. Noreg er eit fleirkulturelt og samansett samfunn, og skolen er ein viktig møteplass der elevar med ulik bakgrunn kan bli kjende med og få tillit til kvarandre. Departementet er oppteke av at skolen har eit stort ansvar for å arbeide systematisk mot rasisme og antisemittisme. Kunnskapsrike lærarar som kan utnytte dei moglegheitene som ligg i læreplanane, er avgjerande.

I Meld. St. 22 (2010–2011) foreslo departementet på bakgrunn av rapporten Det kan skje igjen å utvikle ein heilskapeleg pedagogisk ressurs for skolens arbeid mot antisemittisme og rasisme, med utgangspunkt i læreplanverket. Departementet foreslo òg å utvikle eit opplegg for etterutdanning av lærarar og skoleleiarar kring temaa antisemittisme, rasisme og handtering av konfliktar i skolen, Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme. Grunntanken bak Dembra er erkjenninga av at ekskluderande holdningar og gruppehat blir næra av utryggleik og kjensla av å stå utanfor. Kunnskap og kritisk tenking nyanserer og bryt opp stereotypiar og fastlåste førestillingar om andre kulturar. Det viktigaste middelet skolen har mot ekskluderande holdningar og trakassering er derfor arbeidet med å skape ein demokratisk kultur grunna på inkludering, rom for deltaking, kunnskap og kritisk tenking. Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret), Det internasjonale Wergelandsenteret og Institutt for lærerutdanning og skoleforskning (ILS) ved Universitetet i Oslo har fått i oppdrag å utvikle dette opplegget. Prosjektperioden for Dembra er 2012–15. I tillegg har Kunnskapsdepartementet gitt midlar til å opprette ei stilling ved HL-senteret frå hausten 2013. Stillinga skal bidra til undervisning om og forsking på antisemittisme. Kunnskapsdepartementet vil også oppfordre skolane til å markere holocaustdagen 27. januar.

Vaksne i grunnopplæringa

I skoleåret 2012–13 var det i underkant av 10 000 vaksne i grunnskoleopplæring, og om lag 50 pst. av desse var kvinner. 86 pst. av dei som deltok i ordinær grunnskoleopplæring, var minoritetsspråklege. I vidaregåande opplæring var det i skoleåret 2011–12 om lag 19 900 vaksne som deltok i vidaregåande opplæring. Av desse var 54 pst. kvinner, og 24 pst. hadde innvandrarbakgrunn.

I vidaregåande opplæring var det 20 275 vaksne deltakarar i skoleåret 2011–12. Av desse hadde 25 pst. innvandrarbakgrunn (kjelde: Utdanningsspeilet 2013). Det er ikkje oppdaterte tal for delen vaksne kvinner i vidaregåande opplæring.

Forsking og høgre utdanning

Boks 8.1 Likestilling

11. juni 2013 var det 100 år sidan kvinner i Noreg fekk allmenn stemmerett på lik linje med menn, og året før vart zoologen Kristine Bonnevie vår første kvinnelege professor, etter at Stortinget hadde vedteke at også kvinner kunne bli embetsmenn. Høgre utdanning er ein viktig nøkkel til likestilling i samfunnet, og det var lov 23. juni 1884 som gav norske kvinner lov til å studere og ta eksamen ved universitetet. I dag har om lag like mange kvinner som menn høgre utdanning i Noreg, og fleirtalet av studentane er kvinner. Dei første kvinnelege studentane tok fag som matematikk, fysikk og geologi. Marie Spångberg vart vår første kvinnelege lege i 1893, og i 1896 vart Mary Ann Elisabeth Stephansen første kvinne med realvitskapleg doktorgrad. Likevel vel dei fleste studentane i dag framleis tradisjonelt: Kvinner utdannar seg oftare innanfor omsorg og undervisning – menn innanfor teknikk og naturvitskap.

Likestilling mellom kjønna

Tal frå Samordna opptak viser at om lag 60 pst. av søkjarane til høgre utdanning er kvinner. Dette er stabile tal. I 2012 var 63 pst. av studentane kvinner. Utdanningsvala til norske studentar er sterkt kjønnsdelte. I helse- og sosialfaga er delen menn under 20 pst. Delen er òg lav i grunnskolelærarutdanningane (GLU). Det gjeld særleg GLU for 1.–7. trinn, der delen er i underkant av 20 pst. På førskolelærarutdanninga har delen menn auka med seks prosentpoeng sidan 2003, men han er framleis på godt under 20 pst. MNT-faga (matematikk, naturfag og teknologi) har ein høg del menn. I 2012 var kun 18 pst. av studentane på ingeniørfag kvinner. På teknologifag har delen kvinner auka med fem prosentpoeng frå 2003 til 2013 og ligg no på 30 pst.

Det er viktig å leggje til rette for gode val. Det blir derfor arbeidd aktivt med rekruttering til sentrale utdanningar, slik som lærar- og teknologiutdanningar. Det er arbeidslivet som har dei viktigaste verkemidla, og som må vise fram attraktive moglegheiter, slik som karriere, lønn, sjølvrealisering og utvikling, for både kvinner og menn.

I Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter legg regjeringa særleg vekt på at ein reell kjønnsbalanse inneber at kvinner og menn er like godt representerte i forsking, også i toppstillingar. Dette handlar hovudsakleg om at samfunnet treng breidd i kompetanse og faglege perspektiv, noko som igjen kan bidra til kreativitet og auka kvalitet i forskinga. Samtidig er rettferdig handsaming av personale, uavhengig av kjønn, ein viktig verdi. For at norsk forsking og utdanning skal bli best mogleg, må forskings- og utdanningssektoren lykkast med å rekruttere talentar av begge kjønn, og ikkje minst må dei lykkast med å få begge kjønn til å bli og til å gjere karriere. Rekrutteringa av kvinner til forsking er jamt over god. Det er likevel utfordringar knytte til store skilnader mellom fagområde og mellom sektorar, jf. figur 1.1. I tillegg er det få kvinner i toppstillingar på universitet og høgskolar.

Figur 8.1 Kvinner i professorstilling per fagområde 2001–11 (i prosent av talet på personar)

Figur 8.1 Kvinner i professorstilling per fagområde 2001–11 (i prosent av talet på personar)

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Figur 8.2 Prosentdelen kvinner blant forskarpersonale i Noreg i 1999 og 2011 etter sektor og institusjonstype

Figur 8.2 Prosentdelen kvinner blant forskarpersonale i Noreg i 1999 og 2011 etter sektor og institusjonstype

Kjelde: SSB/NIFU, FoU.statistikk

Figur 8.3 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2004–12

Figur 8.3 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2004–12

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

I 2012 var delen kvinnelege professorar 24,4 pst., ein auke på halvtanna prosentpoeng frå året før. Det er særleg låg kvinnedel innanfor teknologi, ti pst., og innanfor matematisk-naturvitskaplege fag, 16 pst. Likevel vil kvinnedelen blant professorane venteleg halde fram med å auke. Blant førsteamanuensane, som er ein rekrutteringsbase for professorstillingar, er kvinnedelen over 40 pst., og er framleis aukande. Sett under eitt aukar delen kvinner i alle dei mest sentrale faglege stillingane over tid. Sjølv om kvinnedelen blant stipendiatane ved universitet og høgskolar samla sett låg på 49 pst., er likevel delen kvinner som tek doktorgraden, lågare enn delen menn, og delen kvinner varierer frå 62 pst. i medisin til 20 pst. i teknologi.

Departementet sette i 2010 i verk ei treårig prøveordning med insentiv for å auke kvinnedelen i høgre vitskaplege stillingar i MNT-fag. Ho vart forlengd til å vare ut 2013 medan ordninga vart evaluert av Proba samfunnsanalyse våren same år. Evalueringa viser at ordninga har legitimert satsinga på likestilling og kjønnsbalanse hos institusjonane på sentralt nivå, men at ho ikkje har medverka til auka veksttakt i tilsetjing av kvinner i MNT-fag. Kunnskapsdepartementet foreslår, i tråd med konklusjonen i evalueringsrapporten, å ikkje føre ordninga vidare etter 2014 sjå òg kap. 281 post 01.

Det viktigaste likestillingsarbeidet går føre seg ved institusjonane. Universiteta og høgskolane arbeider aktivt med tiltak for å oppnå auka likestilling. Erfaringa viser at forankring i leiinga ved institusjonen og konkrete tiltak der verknadene kan bli målte, speler ei stor rolle for å lykkast med likestillingsarbeidet. Kunnskapsdepartementet krev at universiteta og høgskolane utarbeider handlingsplanar for likestilling, mellom anna for å betre arbeidsvilkåra for kvinner i høgre akademiske stillingar. Kunnskapsdepartementet føreset at planane òg omfattar tiltak for å auke delen kvinner i førstestillingar. Departementet tek i tillegg opp likestilling i styringsdialogen med universitet og høgskolar.

I 2007 oppretta departementet ein likestillingspris for å premiere dei beste handlingsplanane og stimulere sektoren til målretta likestillingsarbeid. Universitetet for miljø- og biovitskap vart tildelt prisen for 2012.

Komité for kjønnsbalanse i forskning (Kif-komiteen) arbeider for å fremme likestilling mellom kjønna ved universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta. Komiteen støttar institusjonane i arbeidet med å integrere likestilling i si eiga verksemd, og kjem med framlegg om tiltak som kan betre kjønnsbalansen i forskingsmiljøa. Komiteen skal òg medverke til auka medvit om den skeive balansen mellom kjønna i akademia og forskingssystemet. Komiteen får tilskott av Kunnskapsdepartementet, sjå kap. 281 post 70. Komiteen har mellom anna sett søkjelyset på at kunnskap om likestilling treng forankring i leiinga på institusjonane. Komiteen er i ferd med å nemnast opp på nytt.

Forskingsrådet arbeider for å integrere kjønnsperspektivet i all forsking det finansierer. Forskingsrådet legg til grunn at kjønn er eit sentralt organiserande prinsipp i samfunnet, og har revidert strategien sin for kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i forsking. Det finst biologiske og sosiale kjønnsforskjellar, og desse må all god forsking ta omsyn til. Alle søknader til Forskingsrådet skal vurderast opp mot kriteriet om kjønnsperspektiv i forskinga, rekruttering av kvinner til høgre stillingsnivå generelt og MNT-fag spesielt, samt kjønnsbalanse i prosjektet. Alle utlysingstekstar skal ha med ei formulering om moderat kjønnskvotering: «I søknader med elles lik fagleg kvalitet og relevans skal prosjekt med kvinneleg prosjektleiar prioriterast.»

Tiltak mot diskriminering

Departementet vil sikre rekrutteringa av minoritetsspråklege lærarar. Gjennom særskilde løyvingar har ein lagt til rette for tilpassa oppfølging av studentar med tospråkleg bakgrunn, mellom anna i fleksible utdanningstilbod. Frå 2013 er desse løyvingane lagde inn i rammene til universiteta og høgskolane. I lov om universitet og høgskolar blir det understreka at styra ved institusjonane skal sørgje for eit godt læringsmiljø, og at institusjonane skal leggje til rette for studentar med særskilde behov.

Institusjonane er gjennom lov pålagde å ha eit læringsmiljøutval, som skal arbeide for at det blir teke vare på læringsmiljøet til studentane, inkludert dei med nedsett funksjonsevne.

Departementet tildeler årleg midlar til Universell (tidlegare Nasjonal pådrivareining for funksjonshemma i høgre utdanning) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Universell skal medverke til å fremme eit inkluderande læringsmiljø for studentar med nedsett funksjonsevne, og vere pådrivar for læringsmiljøutvala ved norske lærestader. Brukarforum for funksjonshemma i høgre utdanning vart oppretta i 2000. Kunnskapsdepartementet finansierer drifta, og sekretariatet er lagt til Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Brukarforumet er ein møtestad for departement, tilsette i universitets- og høgskolesektoren og representantar frå organisasjonane for funksjonshemma, og der problemstillingar knytte til funksjonshemma og høgre utdanning blir drøfta. Departementet vil avklare vidare drift og samansetjing av forumet med FFO.

På oppdrag av Kunnskapsdepartementet og Deltasenteret, eit statleg kompetansesenter som arbeider for at personar med nedsett funksjonsevne skal delta i samfunnet, utarbeidde NIFU i 2010 rapporten Tilretteleggingsutfordringer i høyere utdanning før og nå. Rapporten viser mellom anna at lærestadene driv eit omfattande arbeid knytt til tilrettelegging for studentar med nedsett funksjonsevne.

Regjeringa er oppteken av å sikre reell lik rett til utdanning, og har i dei siste åra satsa på tiltak for einskilde grupper som kan ha behov for meir tilrettelegging enn dei ordinære ordningane i studiefinansieringa. Frå hausten 2011 vart det derfor etablert eit ekstra månadleg stipend og støtte i tolv månader for studentar som på grunn av redusert funksjonsevne ikkje kan ta arbeid ved sida av utdanninga. Tiltaket skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne har økonomisk moglegheit til å ta høgre utdanning. Vidare vart det samtidig innført ei ordning der personar med redusert funksjonsevne, og som ikkje har slik støtte frå folketrygda som er meint å dekkje utdanninga, kan få heile basisstøtta som stipend ved forseinking i utdanninga utover eitt år. Forseinkinga må skyldast den nedsette funksjonsevna. Studentar med redusert funksjonsevne har ofte større utfordringar enn andre studentar med å følgje normert studieprogresjon. Tiltaket skal hindre at desse studentane får høgre gjeld etter fullført utdanning enn andre studentar.

Tiltak for likestilling i Noregs forskingsråd

Forskingsrådets Policy for likestilling og kjønnsperspektiver i forskning (2007–2012) dannar grunnlaget for rådets arbeid med likestilling i forsking. Formålet med dokumentet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget, kvalitetskrava og aktiviteten i Forskingsrådet på dette feltet. I 2011 var det 28 pst. kvinnelege prosjektleiarar i Forskingsrådet, likt med året før. Blant forskarrekruttane har kvinnedelen auka i dei siste åra. I 2011 var 44 pst. av doktorgradsstipendiatane og 41 pst. av postdoktorstipendiatane kvinner.

Om ein ser på dei enkelte fagområda, er kvinnedelen av doktorgradsstipend og postdoktorstipend på over 50 pst. innanfor samfunnsvitskap, humaniora og medisin. Dette gjeld også for kvinnedelen av doktorgradsstipend i landbruks- og fiskerifag. Kvinnedelen er på om lag 30 pst. for teknologi og matematikk og naturvitskap. Kvinnedelen er særleg høg innanfor handlingsretta program. Desse programma inneheld mykje samfunnsvitskap, medisin og helsefag, som generelt har høg kvinnedel. Ved tildelinga innanfor fri prosjektstøtte (FRIPRO) praktiserer Forskingsrådet moderat kjønnskvotering for søknadene om personlege postdoktorstipend og prosjektleiarar for forskingsprosjekta.

Hausten 2012 vart evalueringa av Forskingsrådet overrekt kunnskapsministeren. Evalueringa viste at mens om lag 40 pst. av stipenda går til kvinner, er berre om lag 20 pst. av prosjektteama leidde av kvinner. Dette er ikkje ein kjønnsbalanse vi kan si oss nøgde med. Forskingsrådet arbeider med å bøte på problemet, og departementet vil følgje dette arbeidet nøye.

Over ein periode på 17 år har Noregs forskingsråd bidratt til kjønnsforskingsfeltet i Noreg gjennom særskilde program for kjønnsforsking. No meiner Forskingsrådet at behovet for denne typen øyremerking i ein kapasitetsoppbyggingsfase er forbi. Kjønnsforskinga er godt etablert som eit eige forskingsfelt i Noreg i dag, og dei fremste forskarane på feltet hevdar seg godt i andre program i Forskingsrådet og på den opne arenaen (fri prosjektstøtte). Dette er bakgrunnen for at det ikkje vart etablert eit nytt program etter avsluttinga av Program for kjønnsforsking i 2012.

Kjønnsbalanse i faglege toppstillingar og forskingsleiing (BALANSE) er etablert som eit program i Forskingsrådet frå 2013. Hovudmålet er å betre kjønnsbalansen på seniornivå i norsk forsking gjennom ny kunnskap, læring og innovative tiltak.

I mange år har rekrutteringa til forsking vore god for begge kjønn. Likevel er den låge kvinnedelen blant seniorforskarar og på toppnivå framleis slåande og urovekkjande. Med BALANSE som ny satsing vil Forskingsrådet bidra til å endre på dette. Kjønnsbalanse fremmer kvalitet i forskinga, gjer forskinga relevant for samfunnet og gir konkurransedugleik i miljøa. Visjonen er å bli best i Europa med omsyn til kjønnsbalanse i faglege toppstillingar og forskingsleiing.

Ein planlegg å byggje opp BALANSE-programmet rundt tre hovudgrep:

  • BALANSE-prosjekt

  • kunnskapsutvikling og ny forsking

  • nasjonal læringsarena

BALANSE er finansiert av Kunnskapsdepartementet og hadde si første utlysing våren 2013.

Likestilling og arbeidet mot diskriminering i verksemder som er underlagde Kunnskapsdepartementet

Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er alle arbeidsgivarar pålagde å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal gjere greie for tilstanden når det gjeld likestilling og diskriminering, i Prop. 1 S. Meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. I Prop. 1 S blir det gjort ei overordna vurdering av tilstanden. For rapporteringa frå kvar enkelt verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.

I Utdanningsdirektoratet, ved dei samiske vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino og ved Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar (Vea) utgjer kvinner mellom 62 og 67 pst. av dei tilsette, mens det i Senter for IKT i utdanninga er ei meir jamn fordeling mellom kjønna. I dei spesialpedagogiske kompetansesentra utgjer kvinnene nærmare 70 pst. av dei tilsette. I sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa er det utelukkande kvinner. I Utdanningsdirektoratet, i Senter for IKT i utdanninga, i dei spesialpedagogiske kompetansesentra og ved Vea tener menn noko meir enn kvinner. Verksemdene har ei bevisst holdning til likestilling, og arbeider aktivt med å syte for likestilling når dei rekrutterer nye tilsette, ved fastsetjing av lønn og i utforming av personalpolitiske tiltak.

I Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er om lag 73 pst. av dei tilsette kvinner. NOKUT ønskjer ei jamn fordeling mellom kjønna i alle avdelingar. Kvinnelege søkjarar er i fleirtal til utlyste stillingar. Ved å følgje kvalifikasjonsprinsippet får NOKUT dermed ei noko skeiv fordeling med kvinneoverskott. Dette gjeld i alle avdelingar av verksemda. For leiarstillingane var det ved årsskiftet 2012–13 55 pst. kvinner, noko som hovudsakleg skyldast at direktøren inngår i gruppa mannlege tilsette. NOKUT har som ambisjon å kalle inn kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til intervju i ledige stillingar.

Statens lånekasse for utdanning har ei viss overvekt av kvinner blant dei tilsette, men Kunnskapsdepartementet vurderer kjønnsfordelinga som tilstrekkeleg jamn. Denne kjønnsbalansen blir reflektert på dei ulike stillingsnivåa i organisasjonen, både for kjønnsfordelinga og i lønnsfordelinga. Kjønnsfordelinga for faste medlemmer og varamedlemmer i styret til Lånekassen er også jamn. Lånekassen legg vekt på at arbeidsstokken skal spegle befolkninga på ein god måte. Kunngjeringspraksisen og rekrutteringspolitikken bidrar til at Lånekassen ikkje diskriminerer på grunnlag av religion, etnisitet og funksjonshemming. Etaten prøver å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn gjennom eigna formuleringar i stillingskunngjeringane og ved innkalling til intervju. Vidare legg dei til rette for at tilsette med funksjonshemmingar skal få ein effektiv og god arbeidskvardag, mellom anna gjennom tilpassingar av det fysiske arbeidsmiljøet.

I Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk er 73 pst. av dei tilsette kvinner. Av dei som vart tilsette i 2012, var 77 pst. kvinner. Med hensyn til lønn tener menn noko meir enn kvinner på leiarnivå og blant førstekonsulentar, medan lønnsnivået er om lag det same for kvinnelege og mannlege rådgivarar og seniorrådgivarar. Ved rekruttering av nye tilsette har Vox ei eiga formulering i utlysingane der dei oppmuntrar kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming eller etnisk bakgrunn.

Tabell 8.1 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2012)

Verksemd

Tilsette

Del menn (%)

Del kvinner (%)

Utdanningsdirektoratet

323

35,9

64,1

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

105

38,1

61,9

Sameskolen for Midt-Noreg

16

31,3

68,7

Spesialpedagogiske kompetansesenter

862

26,9

73,1

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

38

34,2

65,8

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

10

10,0

90,0

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

70

27,1

72,9

Senter for IKT i utdanninga

60

50,0

50,0

Statens lånekasse for utdanning

318

39,3

60,7

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

98

26,5

73,5

Kjelde: Tabell 1 utarbeidd av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober SST 2012

Tabell 8.2 Gjennomsnittleg månadsforteneste for menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2012)

Verksemd

Gj.snittleg månadsforteneste, menn

Gj.snittleg månadsforteneste, kvinner

Lønn til kvinner i pst. av lønn til menn

Utdanningsdirektoratet

45 288

44 029

97,2

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

41 699

38 990

93,5

Sameskolen for Midt-Noreg

38 612

32 000

82,9

Spesialpedagogiske kompetansesenter

41 780

39 569

87,5

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

39 268

37 613

95,8

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

41 133

41 963

102,0

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

46 136

41 690

90,4

Senter for IKT i utdanninga

48 169

45 813

95,1

Statens lånekasse for utdanning

38 916

38 228

98,2

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitik

43 547

42 347

97,2

Kjelde: Tabell 2 utarbeidd av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober SST 2012

Likestilling og arbeid mot diskriminering i Kunnskapsdepartementet

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for betre mangfald i samfunnet. Departementet har som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne.

Per 1. oktober 2012 var 63,8 pst. av dei tilsette i departementet kvinner. Dette er ein liten nedgang samanlikna med 2011.

Tabell 8.3 Del menn og kvinner og gjennomsnittleg lønn per årsverk etter stillingskode

Kjønn

Lønn

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt (N)

Menn (kr)

Kvinner (kr)

Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovedtariffavtalen i staten

2012

35,4

64,6

294

48 266

45 625

2011

33,2

66,8

328

46 801

43 297

Toppleiing

Departementsråd/ekspedisjonssjef

2012

62,5

37,5

8

97 400

92 417

2011

62,5

37,5

8

91 300

92 917

Mellomleiarar

Avdelingsdirektør, direktør, kommunikasjonssjef

2012

46,7

53,3

45

61 999

60 320

2011

42,3

57,7

52

58 546

57 462

Sakshandsaming

Underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar, fagdirektør

2012

50,0

50,0

10

53 700

61 437

2011

66,7

33,3

15

57 071

58 543

Seniorrådgivar

2012

36,0

64,0

150

46 892

46 789

2011

34,0

66,0

153

45 203

44 675

Rådgivar

2012

37,3

62,7

51

38 972

39 014

2011

30,5

69,5

59

36 955

37 881

Førstekonsulent

2012

21,7

78,3

23

35 304

36 549

2011

22,6

77,4

31

32 404

34 097

Administrativt personale

Seniorkonsulent, konsulent

2012

0,0

100,0

13

35 759

2011

0,0

100,0

15

33 903

Lærling

2012

0,0

100,0

2

25 426

2011

0,0

100,0

3

24 434

Kjelde: Tabell 2 utarbeidd av Fornyings-, adninistrasjons- og kyrkjedepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober SST 2011 og per 1. oktober 2012

Per 1. oktober 2012 var 54,5 pst. av leiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa var per 1. september 2013 på 33 pst. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar. Departementet vil arbeide vidare for å halde oppe denne kjønnsbalansen på leiarnivå.

Dei lokale partane drøftar detaljert lønnsstatistikk ein gong i året, mellom anna med tanke på å avdekkje om kvinner og menn er lønte ulikt. Partane er samde om at ein ikkje finn systematisk ulikskap som kan vere knytt til kjønn når ein samanliknar menn og kvinner innanfor same stillingskode. At snittlønna for kvinner er 94,5 pst. av snittlønna for menn, skyldast at kvinner er i fleirtal i dei lågt lønna stillingskodane (konsulent, seniorkonsulent, førstekonsulent, rådgivar).

Tabell 8.4 Del menn og kvinner i deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær

Deltid

Midlertidig tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt fråvær

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt i Kunnskaps-departementet

2012

3,8

18,4

8,7

5,8

1,0

1,6

1,6

5,5

2011

4,6

22,4

11,9

11,9

0,0

4,6

1,3

5,1

Kjelde: Tabell 1 og 4 utarbeidde av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober SST 2011 og per 1. oktober 2012. Merk at legemeldt fråvær (heilt og delvis) er data per 31. desember 2011 og 31. desember 2012

Statistikken for oktober 2012 syner at 18,4 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 3,8 pst. av dei mannlege tilsette. Tala for 2011 viser at høvesvis 22,4 pst. og 4,6 pst. var lønte i deltidsstillingar, så det er ein nedgang i begge gruppene i 2012. Det legemelde sjukefråværet var i 2012 på 5,5 pst. for kvinner og 1,6 pst. for menn. Begge kjønn har ein auke i legemeldt fråvær samanlikna med 2011.

Overtida i departementet har vore omtrent uendra samanlikna med 2011 (auka med 16 timar). I 2012 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 32,6 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mann var 35,7 timar.

Per 1. januar 2013 hadde 30 tilsette avtale om å kunne arbeide ein dag i veka frå heimekontor; 25 av desse var kvinner.

Personalpolitiske tiltak

I dei siste åra har Kunnskapsdepartementet satsa mykje på utvikling av leiarar og medarbeidarar. Det er sett i gang fleire ulike tiltak i 2012: utviklingsprogram med tre samlingar for mellomleiarar i Kunnskapsdepartementet, med totalt tolv deltakarar; av desse var ni kvinner. Utviklingsprogram for koordinatorar med to samlingar med totalt 26 deltakarar; av desse var 19 kvinner. Kollegabasert rettleiing for mellomleiarar med to samlingar med totalt åtte deltakarar; av desse var seks kvinner. Departementet har no 14 interne mentorar; sju av desse er kvinner. På det årlege pensjonistførebuande kurset var det i 2012 22 deltakarar; 13 av dei var kvinner.

Likestillingstiltak: kjønn, etnisk bakgrunn og nedsett funksjonsevne

Rekruttering

Det er personalpolitiske mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og å leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kunnskapsdepartementet arbeider for å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn, og for at talet på nytilsette med nedsett funksjonsevne skal auke. Det er sett i gang fleire administrative tiltak for å få til dette. Departementet si personal- og leiarhandbok gjer greie for regelverket for innkalling av kandidatar med innvandrarbakgrunn til intervju og prioritering av kandidatar med nedsett funksjonsevne. Leiarhandboka har òg lenkje til Mangfoldsportalen og til inspirasjonsheftet Overser du kompetanse?, som er utvikla av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Helsedirektoratet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Kunnskapsdepartementet deltek aktivt på karrieredagar ved aktuelle utdanningsinstitusjonar, og prøver så langt det er mogleg å ha tilsette med ulik etnisk bakgrunn med på slike arrangement.

Det er utvikla ei mentorordning med tanke på tilsette med annan etnisk bakgrunn. Ordninga er seinare utvida til å gjelde alle nytilsette. Departementet gir leiarane rettleiing i rekruttering, blant anna om rekruttering til mangfald.

Departementet har få søkjarar som skriv at dei har nedsett funksjonsevne, og som søkjer ordinære stillingar. Departementet vil setje i verk fleire IA-tiltak for å rekruttere fleire søkjarar med nedsett funksjonsevne, mellom anna betre samarbeid med Nav for å leggje til rette for praktikantar, fleire kanalar for kunngjering av ledige stillingar, og betre informasjon om at kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne skal kallast inn til intervju. Departementet arbeider med å gjere leiarane kjende med reglane for dette, mellom anna ved å arrangere eigne IA-møte med deltaking frå Nav. I tillegg utviklar departementet betre administrative rutinar som kan støtte opp under desse målsettingane.

Lønns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling

Kunnskapsdepartementet vil leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. Departementet drøftar mellom anna lønnspolitikken årleg med dei hovudtillitsvalde, og med vekt på likestilling. Departementet har innført systematisk kartlegging av sluttårsaker, som mellom anna kan avdekkje forskjellsbehandling. Departementet har òg utarbeidd ein samla personalstatistikk for å sikre systematisk arbeid for å forbetre arbeidsvilkår, minske sjukefråvær, osv. for menn og kvinner.

Kunnskapsdepartementet har eit breitt internt utviklings- og opplæringstilbod. Tiltaka medverkar til likestilling og like moglegheiter for alle tilsette. Departementet vil føre vidare ordningar med mellom anna intern coaching, mentorar, utvikling av leiarar og medarbeidarar, internasjonal stipendordning, hospiteringsordning osv., med vekt på at tilboda skal bli gitte til både menn og kvinner.

Tiltak mot trakassering

Departementet har utvikla rutinar for varsling i tråd med reglane i arbeidsmiljølova. I tillegg har departementet regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet, der tilsette kan gi varsel om mobbing anonymt.

9 Miljø

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggjande verksemder er med på å forme.

Formidling av kunnskap og gode holdningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skolane. Ifølgje formålsparagrafen i barnehagelova skal barnehagen i samarbeid og forståing med heimen ta hand om dei behova barn har for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Natur, miljø og teknikk er eitt av sju fagområde i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. For å støtte barnehagane i arbeidet er det utarbeidd eit temahefte om natur og miljø. I mange kommunar er det etablert eigne naturbarnehagar, i regi anten av kommunen sjølv eller av private aktørar.

Utdanning for berekraftig utvikling er integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane og lærlingane skal, i høve til formålsparagrafen, lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. I revidert læreplan i naturfag er emnet berekraftig utvikling styrkt med fleire kompetansemål. Valfaga natur, miljø og friluftsliv, forsking i praksis og teknologi i praksis har miljørelatert innhald og vil bidra til å styrkje kunnskap og holdningar til miljø, energiforbruk og klima. I samarbeid med Miljøverndepartementet har Kunnskapsdepartementet ført vidare arbeidet med Den naturlege skolesekken. Skolesekken medverkar til å styrkje kvaliteten i opplæringa og auke forståinga for nytten og bruken av realfaga, samt fremmer undervisning for berekraftig utvikling. Skolen utarbeider undervisningsopplegg i samarbeid med eksterne aktørar som blant anna lokale natur- og friluftsorganisasjonar. Den naturlege skolesekken gir skolane tilgang til faglege digitale ressursar som Kart i skolen, ein ressurs som legg til rette for utvida bruk av det lokale nærmiljøet til skolane i undervisninga. Samstundes skal Nettverk for miljølære gi skolane tilbod om faglege aktivitetar og felles arenaer for arbeidet med miljø og klima.

Noreg vil framleis ta aktiv del i FNs tiår for berekraftig utvikling (2005–2014), som no går inn i sin avsluttande fase. Den reviderte nasjonale Strategien for utdanning for bærekraftig utvikling (2010–2015) er ei oppfølging av Utdanningstiåret og er ein sentral del av den miljøpolitiske satsinga innanfor grunnopplæringa.

Soria Moria II-erklæringa legg vekt på at Noreg skal bli eit føregangsland i miljøpolitikken. Miljøforsking er nødvendig mellom anna for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutforminga, men òg for å leggje til rette for ei grøn omstilling av næringslivet. Ved å satse på utvikling av ny kunnskap og teknologi kan det vi gjer nasjonalt, også få verknad langt ut over Noregs grenser.

Forskingsmeldinga, Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter peiker på at forsking knytt til dei store globale utfordringane er styrkt. Det gjeld i særleg grad forsking på klima og miljøvennleg energi, men òg miljøforsking knytt til fleire andre område. Meldinga lyfter fram klimaforsking som eit viktig område. Departementet støttar miljøforsking gjennom ulike satsingar og program som Forskingsrådet har på miljøområdet. I 2012 var den totale innsatsen til Forskingsrådet innanfor miljørelevant forsking om lag 1,6 mrd. kroner, det vil seie om lag på same nivå som i 2011. Berekraftig energi og miljøteknologi var dei største områda. Om lag ti pst. av løyvingane til miljøforsking var over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Ein vesentleg del var knytt til polarforsking, klimaforsking og forsking på miljøvennleg energi. I statsbudsjettet for 2013 kom ei auka satsing på klimaforskinga med 47 mill. kroner; av dette var 8 mill. kroner ei styrking over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. I 2012 kom ei evaluering av norsk klimaforsking i eit internasjonalt perspektiv. Rapporten syner at sentrale delar av denne forskinga held høgt internasjonalt nivå, og at norske forskarar speler ei viktig rolle i det internasjonale klimapanelet (IPCC).

Departementet har i tillegg sidan 2010 løyvt 20 mill. kroner årleg til Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret. Frå 2013 auka denne løyvinga til 25 mill. kroner årleg. SKD er eit internasjonalt leiande klimaforskingsmiljø ved Universitetet i Bergen og med Havforskningsinstituttet, Nansensenteret og Uni Research som jamstilte partnarar.

Forskingsrådet reknar med at meir enn 80 pst. av Polarforskningsprogrammet er knytt til klima og miljø. I 2012 løyvde departementet 45 mill. kroner til målretta satsing på polarforsking i Forskingsrådet; det ligg på same nivå i 2013. Departementet finansierer òg forsking innanfor EUs rammeprogram, der store delar heng saman med miljøet.

I 2012 hadde Forskingsrådet 280 mill. kroner øyremerkte til forskingsinfrastruktur. Dette er viktig for å kunne forske på globale utfordringar knytte til klima og miljø. Noreg var initiativtakar til Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS). Dette er eit internasjonalt prosjekt for å styrkje samarbeidet om forskingsinfrastruktur på Svalbard, der målet er å sjå klima- og miljøkunnskap knytt til is, vatn, luft og jord i samanhang. Prosjektet er med på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur (ESFRI). SIOS har motteke midlar frå EUs sjuande rammeprogram til den førebuande fasen. Denne fasen er forlengd og varar ut 2014. ECCSEL (European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure) er eit anna norskinitiert ESFRI-prosjekt. Også dette prosjektet har motteke midlar frå EU til første fase. Prosjektet har som mål å gi ny kunnskap om karbonfangst og -lagring, noko som vil kunne redusere utsleppa frå fossilt brennstoff.

Det er vesentleg at den kunnskapen som miljøforskinga resulterer i, blir formidla – både til folk flest og for bruk i forvaltning og næringsverksemd. Departementet ønskjer å leggje til rette for auka og betre forskingsformidling. Både universiteta, høgskolane, forskingsinstitutta og Noregs forskingsråd formidlar resultat frå miljørelevant forsking i tidsskrift, bøker, på konferansar og på Internett.

Universitet og høgskolar er viktige institusjonar for kunnskapsformidling, men òg for forsking på miljøet. Miljøretta forsking er viktig for å få god forståing av miljøet, og for korleis miljøet utviklar seg; dette er ein viktig føresetnad for god og fornuftig utforming av miljøpolitikken.

Eit anna viktig tiltak er departementets finansiering av kontingenten for norsk medlemskap i Global Biodiversity Information Facility (GBIF), som er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til data om biologisk mangfald for forskarar og andre interesserte over heile verda. Den norske GBIF-noden er lagd til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Artsdatabanken vart oppretta i 2004, og er knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. Artsdatabanken starta det faglege arbeidet i januar 2005 og gir ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar til og omfang av biologisk mangfald i Noreg når det gjeld både naturtypar og artar. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare tildelinga til Artsdatabanken i 2014. Tenestene til Artsdatabanken er særskilt viktige for miljøforvaltning, undervisning og forsking. I juni 2012 lanserte Artsdatabanken ein ny versjon av svartelista «Fremmede arter i Norge – med norsk svarteliste 2012». Ho gir vurderingar av økologisk risiko knytt til framande artar. Artsdatabanken førte òg vidare arbeidet med å kvalitetssikre og leggje til rette artsdata frå mellom anna universitetsmusea, forskingsinstitutt, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar i tett samarbeid med GBIF-Noreg, og gjere desse tilgjengelege i den nettbaserte karttenesta Artskart. Arbeidet med registreringsverktøyet Artsobservasjonar, der amatørar legg inn nye artsfunn, har halde fram i 2012, og ein har arbeidd med å leggje til rette for at òg profesjonelle brukarar kan registrere data. Artsdatabanken har likeins ført vidare samarbeidet med Noregs forskingsråd, universitetsmusea og den svenske ArtDatabanken om ein norsk-svensk forskarskole i biosystematikk, som ein del av Artsprosjektet, finansiert av Miljøverndepartementet.

Universitetsmusea speler ei viktig rolle i å forvalte vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. I St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale vart utfordringane til universitetsmusea drøfta, på mellom anna områda forsking, formidling og forvaltning av samlingane. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til samlingane. Universitetsmusea er mellom anna pålagde ei rekkje forvaltningsoppgåver etter kulturminnelova. Musea er økonomisk styrkte i dei siste åra for å medverke til at samlingane blir forsvarleg oppbevarte og sikra. Gjennom etablering av den norsk-svenske forskarskolen i biosystematikk (sjå omtale av Artsdatabanken) har universitetsmusea fått ei større rolle innanfor undervisning og kompetanseheving på dette fagfeltet.

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekkje andre funksjonar ei viktig rolle som kartleggjar av dei klimatiske endringane. Instituttet skal følgje den globale og den nasjonale klimautviklinga og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig vern av miljøet.

10 Samfunnstryggleik og beredskap

Kunnskapsdepartementet sitt hovudmål for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå.

Barnehagetilsette, lærarar, vitskapleg personale og andre tilsette i sektoren utfører meir enn 150 000 årsverk. Totalt omfattar kunnskapssektoren om lag 1,5 millionar barn og vaksne. Obligatorisk tiårig grunnskole og høg dekningsgrad i barnehage og vidaregåande opplæring gjer at ein svært stor del av årskulla frå eitt til 19 år har tilhald i barnehage eller skole mange timar dagleg. Både barnehagar, grunnskolar, vidaregåande skolar og lærebedrifter har eit ansvar for at barna og ungdommane er trygge der dei er. Dette handlar både om personleg tryggleik med tanke på liv og helse og om tryggleik for at til dømes personopplysningar ikkje kjem i feil hender. Dette inneber ei utfordring med tanke på beredskap både for den einskilde barnehage- og skoleeigaren og for den einskilde barnehagen og skolen. Tilsvarande vil det vere store samlingar av studentar og tilsette ved universitet og høgskolar. Vidare forvaltar universitet og høgskolar store verdiar, som historiske bygningar, vitskapleg utstyr, forskingsdata og samlingar, særleg ved universitetsmusea i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø og Stavanger. Meteorologisk institutt har ein kritisk samfunnsfunksjon ved at dei leverer naudsynt meteorologisk informasjon til befolkninga og andre verksemder med kritisk samfunnsfunksjon.

Dei store menneskesamlingane på avgrensa område gjer at kunnskapssektoren har utfordringar med omsyn til samfunnstryggleik og beredskap innanfor ulike scenario, som smittefare, ulykker, vald og terror. Utdanningsdirektoratet og Politidirektoratet har etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet utarbeidd ei rettleiing for barnehagar og utdanningsinstitusjonar i handtering av alvorlege hendingar. Rettleiinga skal gi institusjonseigarar og leiarar rettleiing i beredskapsplanleging og handtering av tilsikta valdelege hendingar.

Verksemdene i kunnskapssektoren har ulike eigeformer. Det finst mellom anna kommunale og private barnehagar, kommunale og private skolar, fylkeskommunale og private fagskolar, statlege og private universitet og høgskolar. I tillegg kjem folkehøgskolar, som i stor grad er eigde av stiftingar. Kunnskapsdepartementet styrer barnehageområdet, grunnopplæringsområdet og høgre utdanning med både juridiske og økonomiske styringsmiddel, og styringslinjene varierer. Arbeidet i Kunnskapsdepartementet med samfunnstryggleik og beredskap må sjåast i samanheng med styringsskilnadene mellom områda, og med dei utfordringane som finst innanfor kvart område. Til dømes har Kunnskapsdepartementet eit særskilt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap ved dei statlege høgre utdanningsinstitusjonane, medan kommunane har det operative ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap i skolar og barnehagar. Justis- og beredskapsdepartementet skal gjennom samordningsrolla si sikre eit koordinert og heilskapleg arbeid med samfunnstryggleik og beredskap på tvers av sektorgrenser.

For å oppfylle hovudmålet for samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren om å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom dei skulle oppstå, er det viktig at verksemder på alle nivå i kunnskapssektoren

  • utarbeider heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysar, og delanalysar av særskilde utfordringar i den einskilde verksemda

  • utarbeider krise- og beredskapsplanar som sikrar ei god krisehandtering, og som styrkjer krisehandteringsevna i organisasjonen

  • gjennomfører øvingar for å teste sin eigen beredskap, og for å gjere tilsette i stand til å takle dei utfordringane som kan komme ved kriser

Kunnskapsdepartementet vil i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i 2014 halde fram med å leggje stor vekt på å følgje opp tilrådingar i NOU 2012: 14 Rapport frå 22-julikommisjonen, på arbeidet med informasjonstryggleik, og på å ha god oversikt over risiko og sårbarheit i sektoren.

11 Strategi for utdanningsforsking

Kvalitet og relevans 2014–2019

Innleiing

Kunnskapsdepartementet legg med dette fram ein ny strategi for departementet si forsking om og for eigen sektor for perioden 2014–19. Strategien byggjer på og utviklar vidare departementet sin førre strategi Kunnskap for kvalitet (2008–2013). Strategien er eit viktig styringsverktøy for Kunnskapsdepartementet når det gjeld forsking om og for eigen sektor. Han peiker ut retninga og prioriteringar for den samla innsatsen, og sett ambisjonar og tiltak inn i ein større samanhang. Han vil også gi viktige signal til andre aktørar med ansvar, oppgåver og interesser knytte til forsking om barnehagen, grunnopplæringa, fagskolen, høgre utdanning og vaksne si læring.

Sektorprinsippet i norsk forsking inneber at Kunnskapsdepartementet har ansvaret for forsking og kunnskapsutvikling om og for barnehagar, grunnopplæringa, fagskolen, høgre utdanning og vaksne si læring, i tillegg til det overordna ansvaret for systemet for høgre utdanning og for forskingssystemet.

Sektorforskinga omfattar på den eine sida forsking om sektoren som saman med tilstandsvurderingar, evalueringar og statistikk utgjer eit sentralt kunnskapsgrunnlag for utviklinga av utdanningspolitikken. Her dreier det seg om å bringe fram kunnskap av høg kvalitet og relevans som grunnlag for politikkutvikling, ulike reformer og tiltak og for ei god forvaltning. Forskinga gir oss analysar og innsikt som er viktige for å kunne forstå betre korleis styring, organisering, leiing og tilsyn fungerer.

Sektorforskinga handlar også om forsking for sektoren. Her dreier det seg i høg grad om brukarretta forsking som skal vere til nytte når det gjeld å utvikle FoU-basert praksis i barnehagen, grunnopplæringa, fagskolen, høgre utdanning og i vaksenopplæringa. Det er snakk om forsking som kan fungere støttande, men som også skal utfordre og medverke til at praksis og forvaltning blir betre. Praksisfeltet sin kompetanse til å ta i bruk resultata frå forskinga er eit viktig element om ein skal lykkast med å få til dette i større grad.

Departementet skal medverke til at vi har produktive og gode forskingsmiljø med kompetanse og kapasitet til å bringe fram relevant kunnskap av høg kvalitet. Vidare skal departementet sjå til at vi har ein god og effektiv infrastruktur rundt forskingsformidlinga til fagfellar, til brukarar i forvaltninga, til praksisfeltet, utdanningsinstitusjonar og til lokale og nasjonale styresmakter for utdanning. Det inngår dessutan i sektoransvaret å stimulere og leggje til rette for samarbeid og samspel mellom forsking, utdanning, praksisopplæring og yrkesutøving. Kunnskapen som kjem fram gjennom utdanningsforskinga, skal også dekkje samiske forhold.

Solid kunnskap er med på å gjere utdanning og opplæring av barn og unge mindre sårbare for «ønskjetenking om læring» og for «trendy» undervisningsmetodar. Eit godt kunnskapsgrunnlag gir rom for ein meir opplyst debatt om ressursbruk, kvalitet og resultat.

Utdanningsforskinga er eit forskingsfelt med kunnskap frå mange akademiske fagdisiplinar og som inngår i ulike tverrfaglege samanhengar. Utdanningsforskinga må vere i takt med forskingsfronten og samfunnsutviklinga nasjonalt og globalt og ta høgd for nye utfordringar og moglegheiter i ei stadig meir kompleks verd. Utdanningsforskinga er derfor eit dynamisk forskingsfelt. Utdanningsforskinga rettar merksemda si mot alle nivå i utdanningssystemet frå barnehagen, grunnopplæringa, fagskolen, høgre utdanning og til vaksne si læring.

Hovudmåla for strategien er

  • å halde fram med utviklinga av sterke og fleirfaglege forskingsmiljø med kompetanse og kapasitet til å dekkje kunnskapsbehov på viktige område

  • å heve kvaliteten og relevansen i utdanningsforskinga

  • å leggje til rette for djervskap og fornying i forskinga

  • å stimulere til god formidling av resultat frå norsk og internasjonal utdanningsforsking og medverke til godt samspel mellom forsking, utdanning, praksis og fornying i utdanningssektoren

  • å stimulere til FoU-basert yrkesutøving og praksisretta utdanningsforsking

  • å styrkje rekrutteringa av yngre talentfulle forskarar og sikre rekruttering til toppstillingar

  • å utvikle ei sterkare internasjonal orientering i forskingsmiljøa

Arbeidsdeling – ansvar og roller

Det er fleire aktørar med ulikt ansvar og ulike roller i systemet for utdanningsforskinga. Samarbeid, samspel og deling av kunnskap mellom dei ulike aktørane er viktig og nødvendig for å nå måla i strategien.

Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for forsking om og for eigen sektoren og har rolla som både bestillar og brukar av utdanningsforsking.

Noregs forskingsråd har ei sentral rolle som strategisk rådgivar og administrerer den langsiktige utdanningsforskinga gjennom forskingsprogram. Forskingsrådet har også ei viktig rolle når det gjeld utvikling av sterke forskingsmiljø. Forskingsrådet skal leggje til rette og utvikle møteplassar som kan stimulere til spreiing av resultata frå utdanningsforskinga og medverke til at resultata kjem til nytte.

Forskarskolane NAFOL (Nasjonal forskarskole for lærarutdanning) og NATED (The National Graduate School in Educational Research) er viktige verkemiddel for å heve vitskapleg kvalitet og god gjennomføring i forskarutdanning som rekrutterer til utdanningsforskinga. Forskarskolane blir forvalta av Forskingsrådet.

Kunnskapssenter for utdanning har ei sentral rolle når det gjeld å framskaffe oversikter over eksisterande utdanningsforsking – nasjonalt og internasjonalt. Senteret skal stille saman forsking, lage kunnskapsoversikter og gjere tilgjengeleg den mest robuste forskinga på måtar som tek omsyn til kompetansen, kunnskapskulturen og behova til ulike brukargrupper. Kunnskapssenteret er organisert som ei eiga avdeling i Forskingsrådet.

Universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta står for sjølve FoU-verksemda og er samstundes brukarar av forsking. For universiteta, høgskolane og institutta legg FoU-verksemda grunnlaget for kompetanseoppbygging og kapasitet til å kunne møte nasjonale og globale utfordringar og til samhandling på tvers av landegrenser. For universiteta og høgskolane speler FoU-verksemda ei sentral rolle for kvalitetsutvikling og fornying av undervisninga og for rettleiinga av studentane. Universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta er viktige samarbeidspartnarar for nasjonale, regionale og lokale styresmakter når det gjeld utvikling av kvalitet i barnehagen, grunnopplæringa, fagskolen og vaksenopplæringa og for ei kunnskapsbasert politikkutvikling og forvaltning.

Senter for framifrå utdanning (SFU) vart oppretta i 2010 som ei nasjonal prestisjeordning for utdanningsverksemd i høgre utdanning på bachelor- og mastergradsnivå. Status som Senter for framifrå utdanning blir gitt til miljø som allereie kan vise til særleg høg kvalitet og innovativ praksis i utdanninga. I 2011 vart lærarutdanningane ProTed (Centre for Professional Learning in Teacher Education) valde som Noregs første Senter for framifrå utdanning. Senteret er eit samarbeid mellom universiteta i Oslo og Tromsø.

Utdanningsdirektoratet er ein viktig aktør når det gjeld spreiing av forskingsresultat til praksisfeltet, og som legg til rette for koplingar mellom forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap. Direktoratet har også ei rolle knytt til iverksetjing og oppfølging av evaluerings- og forskingsoppdrag. Direktoratet har ansvaret for at dei nasjonale sentra fungerer godt i samband med praksisfeltet.

Verkemiddel

Utdanningsforskingsprogramma i Forskingsrådet har vore og er eit sentralt verkemiddel for departementet når det gjeld fornying og vidare utvikling av sektorforskinga. Programma er ein konkurransearena. Programmodellen er derfor eit eigna verkemiddel når det gjeld å nå måla om kvalitet og relevans i utdanningsforskinga. Programma i Forskingsrådet har også medverka til fornying av forskingsfeltet mellom anna når det gjeld å få til eit meir fleirfagleg forskingsfelt, og ved å leggje til rette for diskusjonar på tvers av fag og forskingsmiljø. Samstundes er det reist spørsmål om programforskinga i tilstrekkeleg grad opnar for fornying i forskinga. Det er også peikt på at det først og fremst er godt etablerte forskarar og større fagmiljø som vinn fram i konkurransen om forskingsmidlar (Nuland 2009 og Forskingsrådet 2013). Departementet ser dette som vesentlege problemstillingar som ein vil ta opp med Forskingsrådet.

Frå 2008 har forskarskolen NAFOL (Nasjonal forskarskole for lærarutdanning) vore eit sentralt verkemiddel for å styrkje rekrutteringa og forskingsevna i lærarutdanningane. NAFOL har vore knytt til dei praksisretta forskingsprogramma PraksisFoU (2005–2010) og PRAKUT (2010–2014). Frå 2014 vil forskarskolen vere knytt til det nye programmet for utdanningsforsking i Forskingsrådet. NAFOL vart evaluert i 2013. Rapporten frå evalueringa vil liggje føre i november 2013.

NATED (The National Graduate School in Educational Research) er ein av fem forskarskolar som starta opp i 2009 med støtte frå Forskingsrådet. Det vart i 2013 gjort ei midtvegsevaluering av mellom anna NATED. Evalueringa viser at forskarskolen har ført til betre kvalitet på forskarutdanninga i dei fagmiljøa som er med i NATED.

Kunnskapsdepartementet har som eit strategisk mål å styrkje den psykometriske forskinga i Noreg. Psykometri er vitskapen om korleis ein på ein påliteleg måte kan måle psykologiske og pedagogiske omgrep som til dømes «leseforståing», «naturfagkompetanse» eller «motivasjon for matematikk». Psykometrisk forsking handlar om å utvikle og vurdere metodar, instrument, teoriar og system for å omtale, tolke og forstå kunnskapar, dugleikar og holdningar hos individ og grupper. Det er no etablert eit eige senter for slik forsking ved Det utdanningsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo under namnet CEMO (Centre for Educational Measurement). CEMO starta opp verksemda si hausten 2012 med rekruttering til ulike forskarstillingar. Senteret vil vere operativt mot slutten av 2013. CEMO blir finansiert med midlar direkte frå Kunnskapsdepartementet og frå Universitetet i Oslo. CEMO vil bli evaluert etter fem års drift.

Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet har sett i verk fleire tiltak retta mot barnehagen og grunnopplæringa som ein ønskjer skal heve kvalitet og ha effekt. Til no har evalueringar av slike tiltak først og fremst vore prosessevalueringar som kartlegg implementeringa, og som gir informasjon om målgruppene sine eigne vurderingar av tiltaka. Det er sjeldan at evalueringane fortel om tiltaka faktisk har hatt effekt på til dømes kvaliteten. Departementet ser derfor behov for ei viss endring når det gjeld bruken av prosessevalueringar i retning av fleire effektevalueringar. I samband med evalueringa av Ny Giv blir eit av tiltaka effektevaluert. Evalueringa vil gi departementet røynsler som ein vil byggje vidare på i arbeidet med å få fram fleire effektevalueringar. Det er også aktuelt å vurdere nøyare andre former for innhenting av kunnskap om dei tiltaka som blir sette i verk av departementet, Utdanningsdirektoratet og Vox.

Tilstand og utfordringar

Ressursar

Utdanningsforskinga er i høg grad offentleg finansiert. Finansieringa kjem frå fleire kjelder og gjennom ulike kanalar. Den største delen kjem som basisfinansiering til institusjonane. NIFU-rapporten Utdanningsforskningen i Norge 2011. Ressurser og resultater viser at det vart utført utdanningsforsking for til saman 1,1 mrd. kroner i 2011. Dette er ei dobling av ressursbruken samanlikna med 2007, som var det første året med slik kartlegging av utdanningsforskinga. Når det gjeld ressursar formidla direkte frå departementet til Forskingsrådet, har det i løpet av førre strategiperioden (2008–2013) skjedd ein stegvis auke frå 47 mill. kroner i 2008 til om lag 80 mill. kroner i 2013. Parallelt har det vore ein auke i ressursbruken til direkte FoU-oppdrag med kortare tidshorisont frå departementet, Utdanningsdirektoratet og Vox. Den auka ressursbruken har vore ein viktig innsatsfaktor for å nå dei måla som vart sette i 2008.

Ein del utdanningsforsking blir også finansiert gjennom fylkeskommunale og kommunale budsjett.

Forskingsrådet rapporterer at kapasiteten i forskingsmiljøa er god, men at han kan bli betre brukt. Søknadene viser samstundes at kapasiteten er ujamt fordelt når det gjeld forskingsområde. Det er til dømes god kapasitet når det gjeld forsking om undervisning og læring i grunnskolen, mens det på andre område er behov for å auke kapasiteten. Det gjeld til dømes forsking om vidaregåande opplæring, økonomi, organisasjon og leiing på ulike nivå i utdanningssystemet og forsking om politikk og styringssystem. Vi treng også meir kunnskap om tilhøvet mellom utdanningssystemet og arbeidslivet (Forskingsrådet 2013 og NIFU 2009 og 2013).

Forskinga

Kunnskapen om barnehagen, grunnopplæringa, fagskolen, høgre utdanning og vaksne si læring har auka i omfang. Ein ser også ei positiv utvikling i kvaliteten og relevansen i utdanningsforskinga (Forskingsrådet 2013). Forskingsfeltet er blitt rikare og meir variert når det gjeld både metodar og teori. Bruken av kvantitative data har auka markant i høve til dei tidlegare programsatsingane. Vi finn også intervensjonsstudium og prosjekt som er knytte til datainnhenting og analyse til bruk av ny teknologi. Ein del longitudinelle og eksperimentelle studium er initierte, men dei er ikkje mange. Omfanget av forskingsprosjekt som bruker casestudium og kvalitative studium, er relativt stabilt. Område der vi har mangla kunnskap, er vortne betre dekte. Det gjeld mellom anna kunnskap om barnehagen. Kunnskap om styring, leiing og organisering innanfor grunnopplæringa er i nokon grad styrkt. Det er behov for meir kunnskap på desse områda når det gjeld barnehagen og høgre utdanning. For eit så sentralt område som vurdering i grunnopplæringa er kunnskapsgrunnlaget blitt meir omfattande og solid.

Kunnskapsutviklinga om og for sektoren har gått i ønskt retning i perioden 2008 til 2013. Det er viktig at denne utviklinga held fram. Dei problema som sektoren møter, blir stadig meir komplekse, og ein treng derfor ny kunnskap, nye metodar og nye former for samarbeid for å finne betre løysingar på dei utfordringane ein ser på praksisfeltet, i forvaltninga og i organiseringa og styringa av sektoren. Slik departementet vurderer det, vil det her vere naudsynt med ei brei tilnærming. Vektleggjing av solide fagmiljø og forsking av høg kvalitet må ikkje vere til hinder for ideer og innsikt på tvers av det etablerte. Forskarar med annan bakgrunn og nye ideer må få rom. Nye utfordringar krev ofte nye former for kunnskap basert på innsikter frå meir enn eit fag. Samarbeid på tvers av sektorar, fagfelt og nasjonar sikrar forskarsamfunnet fornying i problemstillingar og metode. Fornying og djervskap i forskinga heng også saman med krav, tema og problemstillingar frå dei som etterspør og finansierer forskinga. Hittil har det vore relativt lite rom for å gi støtte til forskingsprosjekt med høg risiko sjølv om potensialet for fornying er stort i forskingsprogramma i Forskingsrådet. Det er grunn til å etterlyse større djervskap når det gjeld støtte til originale forskingsprosjekt.

For betre å forstå kva som har effekt i læringssituasjonar og undervisning, er det behov for meir empirisk og praksisnær forsking. Vi treng mellom anna fleire effektstudium, intervensjonsstudium og eksperimentelle studium.

Det er vidare viktig å få fram forskingsbasert kunnskap på område der vi veit lite, og der utdanningssektoren har spesielle behov. Etter departementet si vurdering treng vi meir kunnskap om og for vidaregåande opplæring, høgre utdanning, vaksne si læring og IKT i utdanning.

Fagmiljøa

Fleire gode og produktive fagmiljø har vakse fram, spesielt innanfor barnehageforskinga, men også på andre område. Samarbeid, samspel og kunnskapsdeling mellom dei ulike aktørane viser ei utvikling i ønskt retning.

Det er skilnader mellom fagmiljøa når det gjeld forskarkompetanse, publisering, kompetanseutvikling, rekruttering, internasjonalt samarbeid og utteljing i utdanningsforskingsprogramma i Forskingsrådet. Det er også skilnader mellom landsdelane. På denne bakgrunnen er det viktig å halde oppe volumet på utdanningsforskinga slik at ein får bygt fleire gode miljø der det er særleg behov. Utviklinga av FoU-kompetanse i fagmiljøa som driv med lærarutdanning, må halde fram. Dette for å nå målet om ein meir FoU-basert praksis i barnehage, skole og lærarutdanning.

Samstundes meiner departementet at det er gode grunnar til ei målretta innsats der ein prioriterer nokre av dei beste fagmiljøa, slik at dei kan nå eit internasjonalt toppnivå.

Det er for lite tverrfagleg samarbeid i norsk utdanningsforsking, og det er behov for at fleire fagdisiplinar forskar på utdanningssektoren. Innanfor forskingsprogramma, til dømes Utdanning2020, har ein fått til ein prosjektportefølje som omfattar fleire fagdisiplinar, men når ein kjem ned på prosjektnivå, er det relativt få studium med tverrfagleg samarbeid. Departementet vil vurdere nærmare verkemiddel som kan stimulere til større grad av tverrfagleg samarbeid mellom norske utdanningsforskarar.

Rekruttering

Rekrutteringa til utdanningsforskinga er stabil. Forskarskolane NATED og NAFOL har gitt forskarutdanninga betre rammer og struktur. Det er brukt relativt mykje ressursar på rekruttering til utdanningsforskinga. Tilgangen på rekrutteringsstillingar blir i dag generelt vurdert som god. Det er likevel behov for å auke rekrutteringa til nokre område. Det gjeld mellom anna til forsking som byggjer på kvantitative data. Det er også behov for å sikre tilstrekkeleg forskarkompetanse på toppnivå.

Det er dessutan behov for å vurdere tiltak som kan medverke til å få fram yngre forskarar og talent.

Formidling og bruk av utdanningsforsking

For å auke tilgangen til resultat frå nasjonal og internasjonal utdanningsforsking har departementet etablert eit eige Kunnskapssenter for utdanning. Institusjonane i UH- og instituttsektoren, Forskingsrådet, Utdanningsdirektoratet, dei nasjonale sentra og Vox har også viktige nasjonale og regionale oppgåver når det gjeld formidling av resultat frå FoU. Lokalt er Fylkesmannen, fylkeskommunane og kommunane sentrale både som oppdragsgivarar overfor forskingsmiljøa, som brukarar av forsking og som ansvarlege for kompetanse- og kvalitetsutvikling i barnehagen og grunnopplæringa.

Det er ei utfordring å få betre koplingar mellom den forskingsbaserte kunnskapen vi har, og praksisen i barnehagen, i grunnopplæringa, i fagskolen, i høgre utdanning og i vaksenopplæringa.

Doktorgradar

NIFU har kartlagt avlagde doktorgradar innanfor utdanningsforskinga for perioden 2007–13 mellom anna som ein indikator for kompetanseutvikling. Kartlegginga viser mellom anna at det vart avlagt 262 doktorgradar på feltet. Talet på utdanningsforskarar med doktorgrad har auka mest ved universiteta, frå 46 pst. til 53 pst. Ved høgskolane har det vore ein auke frå 24 pst. til 28 pst. Litt under halvdelen av avhandlingane hadde søkjelyset retta mot barnehagen og grunnopplæringa. Nest største område var høgre utdanning og læring i arbeidslivet. Politikk og styringssystem var den minste forskingsaktiviteten.

Publisering

I evalueringa av PraksisFoU, Utdanning2020 og PRAKUT (Forskingsrådet 2013) blir det peikt på at publiseringa frå prosjekta i stor grad skjer gjennom nasjonale kanalar, og at den internasjonale publiseringa er relativt svak. Når det gjeld PraksisFoU, heng dette saman med at programmet primært skal byggje opp kompetanse i lærarutdanninga med svake tradisjonar for publisering i internasjonale tidsskrift. Utdanning2020, som har eit breiare siktemål, viser ei anna utvikling. Her finn vi prosjekt som publiserer artiklar med høg kvalitet i internasjonale tidsskrift. Forskarane i begge programma har lite samarbeid med forskarar frå andre land når det gjelder publisering.

NIFU har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet kartlagt den vitskaplege publiseringa til norske utdanningsforskarar i perioden 2008–13 (Utdanningsforskning i Norge 2011 og NIFU Rapport 31/2013). I rapporten kjem det fram at utdanningsforskinga har hatt ein sterk vekst i publiseringsvolum i dei siste åra. Tallet på publiseringspoeng er meir enn doble frå 2005 til 2012 (frå 458 til 1 070 poeng). Dette dokumenterer at norsk utdanningsforsking er i ferd med å bli meir synleg både nasjonalt og internasjonalt.

Internasjonalisering

Den internasjonale dimensjonen i norsk utdanningsforsking er i nokon grad blitt styrkt i løpet av strategiperioden. Dette er ei utvikling som departementet ønskjer å stimulere. Departementet har fått i stand eit eige tilskott med ei ramme på 1 mill. USD som skal gjere det mogleg med eit meir aktivt samarbeid mellom norske fagmiljø og utdanningsforskarar frå Canada og USA. Ordninga blir forvalta av Forskingsrådet.

Det nordiske forskingssamarbeidet om utdanningsforsking har fått eit lyft gjennom det tematiske programmet Education for Tomorrow (2012–2016). Det er NordForsk, Nordisk Minsterråd og dei nasjonale forskingsråda i Norden som har gått saman om satsinga.

Norske utdanningsforskarar si deltaking i internasjonale studium og prosjekt i regi av OECD, IEA med fleire er med på å auke kunnskapen om og forståinga av norsk utdanning i andre land. Samstundes er det med på å byggje opp forskarkompetanse i dei norske miljøa.

Det er behov for eit godt internasjonalt samarbeid om utdanningsforsking i tida som kjem. Det bør stimulerast til eit tettare samarbeid mellom forskingsmiljøa på tvers av landegrensene i Norden, Europa og i resten av verda.

Departementet sine prioriteringar

Den utdanningsforskinga som departementet finansierer, er ein del av forskingspolitikken. Ambisjonane som kjem fram i Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter (forskingsmeldinga), gjeld også for utdanningsforskinga. Det er mykje bra i norsk utdanningsforsking. Vi ser aukande kvalitet og relevans, vi har fått fleire utdanningsforskarar med doktorgrad, og publiseringa er veksande. Samstundes er det potensial for å heve kvaliteten – for å skape nokre fleire forskings- og utdanningsmiljø i internasjonal toppklasse, for å leggje til rette for djervskap og fornying og for betre samspel om utvikling og bruk av kunnskap.

På bakgrunn av dei resultata som er nådde, og utfordringar som utdannings- og forskingssystemet står framfor i tida som kjem, vil Kunnskapsdepartementet gå vidare med det strategiske arbeidet som starta i 2008. Departementet sine strategiske prioriteringar er omtalte nedanfor.

Kompetanse og kapasitet i forskingsmiljøa

Etter departementet si vurdering er det viktig at kompetansen og kapasiteten i utdanningsforskingsmiljøa blir haldne ved like og utvikla vidare. Kartlegginga av ressursinnsatsen til utdanningsforsking (NIFU 2009 og 2013) viser at basisløyvingane til forskingsinstitusjonane er den viktigaste finansieringskjelda. Ressursar som departementet kanaliserer direkte gjennom Forskingsrådet, utgjer ein langt mindre del av finansieringa. Den langsiktige oppbygginga av kompetanse og kapasitet i forskingsmiljøa er med andre ord i høg grad knytt til institusjonane sine eigne prioriteringar. Departementet på si side vil halde fram med å prioritere ressursinnsatsen gjennom Forskingsrådet til den langsiktige utdanningsforskinga om og for sektoren.

Departementet registrerer at fleire av dei utfordringane sektoren står framfor i dag, og kjem til å stå framfor i tida som kjem, vil vere meir samansette og kompliserte enn tidlegare. Slik departementet vurderer det, treng vi å utvikle eit breiare og meir variert kunnskapsgrunnlag for mellom anna å kunne forstå sektoren betre og utvikle gode og treffsikre tiltak. Det inneber at fleire forskarar frå ulike fagdisiplinar må stimulerast til å forske på utdanningssektoren og samarbeide meir systematisk når det gjelde databruk, metodeutvikling, teoriutvikling og publisering i ulike tidsskrift.

Departementet vil

  • føre vidare satsinga på utdanningsforsking gjennom eit nytt forskingsprogram i Forskingsrådet

  • sørgje for at ein gjennom forskingsprogram i Forskingsrådet stimulerer fleire fagdisiplinar til å forske på utdanningssektoren, og at samarbeid mellom ulike fagdisiplinar blir styrkt

  • vurdere andre verkemiddel som kan stimulere til auka samarbeid mellom fagdisiplinar på feltet utdanningsforsking, til dømes tilskottsordningar, møteplassar med meir

Kvalitet, relevans og fornying i utdanningsforskinga

I evalueringane av utdanningsforskingsprogramma (NIFU 2009 og Forskingsrådet 2013) kjem det fram at kvaliteten og relevansen i den forskinga som har vore finansiert gjennom programma i Forskingsrådet, viser ei positiv utvikling. Samstundes blir det peikt på at det er eit potensial til å lyfte kvaliteten og til å betre relevansen. I evalueringane blir det etterlyst meir fornying og djervskap i forskinga når det gjeld tematikk, metodeval og utvikling av teoriar og design. Ein meiner også at det internasjonale engasjementet i norsk utdanningsforsking bør bli meir strategisk, og at norske utdanningsforskarar i større grad må publisere i gode internasjonale tidsskrift.

I evalueringa av PraksisFoU, Utdanning2020 og PRAKUT kjem det også fram at den praksisnære forskinga i Noreg har fleire gode sider, og at ein må halde fram arbeidet med å betre kvaliteten og stimulere metodeutviklinga.

Kunnskapsdepartementet vil leggje til rette for at utdanningsforskinga kan få ei positiv utvikling på dei områda som er nemnde over.

Departementet vil

  • be Forskingsrådet vurdere nærmare korleis programmodellen kan opne for prosjekt med risiko, men der potensialet for fornying er stort

  • at det nye utdanningsforskingsprogrammet i Forskingsrådet i større grad enn tidlegare legg til rette for at forskingsprosjekta tek utgangspunkt i nasjonal og internasjonal kunnskapsstatus og utviklar ny kunnskap gjennom originale forskingsspørsmål og metodar

  • sjå til at vi får fleire intervensjonsstudium og eksperimentelle studium gjennom det nye forskingsprogrammet i Forskingsrådet. Departementet vil også vurdere bruk av direkte oppdrag til forskingsmiljøa når det gjeld denne typen studium

  • styrkje den praksisnære forskinga gjennom det nye forskingsprogrammet og ved bruk av andre verkemiddel

Forsking på nokre prioriterte område

Den breie satsinga på utdanningsforsking i dei seinare åra har auka omfanget og styrkt kunnskapsgrunnlaget på viktige område. Vi veit meir og kan forstå betre korleis utdanningssektoren har utvikla seg og fungerer. Samstundes er det behov for meir kunnskap på ein del prioriterte område og om nokre særskilde tema.

Departementet vil

  • halde fram med å fornye forskinga om og for barnehagen

  • sørgje for at kunnskapen om og for grunnopplæringa er oppdatert, og stimulere til forsking på område der det er særleg behov for ny kunnskap, til dømes kvaliteten i dei yrkesretta utdanningsprogramma og spesialundervisninga

  • initiere forsking om skilnader i skoleresultat mellom gutar og jenter

  • prioritere forsking om kvalitet i høgre utdanning

  • sørgje for at kunnskapsutviklinga om vaksne si læring blir styrkt mellom anna ved bruk av data frå PIAAC (OECD-undersøking om dugleikane blant vaksne)

  • stimulere til meir forsking om styring, leiing og organisering på alle nivå i utdanningssystemet

  • ta i bruk ulike verkemiddel for å få fram ny kunnskap om læringsprosessar, nye læringsmetodar og bruk av IKT i utdanning

Framifrå miljø for utdanningsforsking

Departementet sin bruk av ressursar til utdanningsforskinga har vore retta inn mot å gi eit lyft i breidda. Satsinga har gitt fleire gode resultat. Etter vurderinga til departementet har vi no fagmiljø med potensial til å nå toppnivå når det gjeld kvalitet, relevans, tverrfagleg samarbeid, forskingsformidling, fornying og originalitet i forskinga. Departementet meiner det er gode grunnar til å vurdere og ta i bruk verkemiddel som kan gi oss forsking i internasjonal toppklasse i fagmiljø som driv med utdanningsforsking. Samstundes må desse ambisjonane vere balanserte i høve til å halde fram med å byggje kompetanse og kapasitet i dei fagmiljøa som framleis treng støtte. Det gjeld mellom anna i lærarutdanningane.

Vidare ser departementet at det er nokre tema og spørsmål det vil vere særleg viktig å få meir kunnskap om i tida som kjem, og som vil krevje ein spissa og tverrfagleg innsats. Eit slikt område er læringsvitskap, som mellom anna omfattar nye læringsmetodar og bruk av IKT i utdanning.

Departementet vil

  • vurdere ordningar som kan medverke til å lyfte enkelte eksisterande fagmiljø til eit internasjonalt toppnivå, eller som kan gi ein enkelt institusjon eit særskilt ansvar for å byggje opp eit fagmiljø/senter innanfor eit aktuelt fagområde

Formidling, kunnskapsdeling og bruk

For at resultata frå utdanningsforskinga skal komme til nytte, må dei vere lett tilgjengelege og bli presenterte på ein forståeleg måte. Det krev mellom anna eit effektivt samarbeid mellom fleire aktørar. Målet med samarbeidet må vere å gjere dei som er tett innpå praksis, forvaltning og politikkutvikling, betre i stand til å bruke resultata frå forskinga.

Betre koplingar mellom den forskinga vi har, og praksisen i barnehagen, i grunnopplæringa, i fagskolen, i høgre utdanning og i vaksenopplæringa handlar i høg grad også om evne til å finne, etterspørje, forstå og gjere bruk av forsking. Viktige faktorar er mellom anna leiinga si evne til å organisere arbeidet på ein slik måte at ein får utvikla ein kultur som stimulerer til fornying og fruktbare endringar i arbeidsformer, metodar og verktøy. Interesse og engasjement frå skole- og barnehageeigarar er her viktig for at nye resultat frå utdanningsforskinga skal bli kjende og komme til nytte i det daglege arbeidet.

Departementet vil

  • medverke til at Kunnskapssenter for utdanning kan fungere som ein ressurs når det gjeld å gjere resultat frå norsk og internasjonal utdanningsforsking kjende, og at det er lett tilgjenge til resultata

  • medverke til ein godt fungerande infrastruktur når det gjeld formidling av resultat frå nasjonal og internasjonal utdanningsforsking til sektoren. Utdanningsdirektoratet og andre aktørar må samarbeide tett slik at kunnskapen kjem til nytte på praksisfeltet, i forvaltninga og når det gjelder kunnskapsgrunnlaget for politikkutvikling og tiltak

  • i samarbeid med Forskingsrådet, Utdanningsdirektoratet og Kunnskapssenter for utdanning ta initiativ til fylkesvise konferansar om bruk av FoU i utviklinga av praksis i barnehagen, grunnopplæringa og høgre utdanning. Det er behov for meir kunnskap om kva som kan gjere det vanlegare å ta i bruk kunnskap og resultat frå forsking

Referansar

Nuland, Bjørn R. (2009): Hjernen er alene. Institusjonalisering, kvalitet og relevans i norsk velferdsforskning. Oslo: Universitetsforlaget

Gunnes, Hebe og Vabø, Agnete (2001): Ressursinnsatsen innenfor utdanningsforskningen 2009. NIFU-rapport 13/2011

Aasen, Petter, Sandberg. Nina og Borgen, Jorunn S. (2007): Utdanningsforskning – fagdepartementets sektoransvar. NIFU STEP-rapport 15/2007

Kunnskapsdepartementets strategi for utdanningsforskning. St.prp. nr. 1 (2008–2009):

Kunnskap for kvalitet 2008–2013. F-4250 B Kunnskapsdepartementet

Rigour and Relevance in Educational Research – Report from the March Seminar 2011.

Forskingsrådet 2011

Midtveisrapport UTDANNING 2020. Forskingsrådet 2013

Evaluering av Forskningsprogrammen – PraksisFoU och Utdanning 2020 med PRAKUT i belysning. Forskingsrådet 2013

Gunnes, Hebe, Rørstad, Kristoffer og Aksnes, Dag W. (2013): Utdanningsforskning i Norge 2011. NIFU-rapport 31/2013,.

Resultatdialog och utbildningsvetenskapen. Vetenskapsrådet Rapport 7:2011

Bjørnestad, Elisabeth og Samuelsson, Ingrid P. (red) (2012): Hva betyr livet i barnehagen for barn under tre år? En forskningsoversikt. Høgskolen i Oslo og Akershus

Evalueringen av kunnskapsløftet 2012. Utdanningsdirektoratet

Høyere utdanning 2013. Tilstandsrapport. F-4284 B Kunnskapsdepartementet 2013

Rasmussen, J. mfl. (2007): Viden om uddannelse. Uddannelseforskning, pædagogikk og pædagogisk praksis. København: Hans Reitzels Forlag

Følgjegruppa for lærarutdanningsreforma 2011. Frå allmennlærar til grunnskulelærar. Innfasing og oppstart av nye grunnskulelærarutdanningar. Rapport Nr. 1 2011, Rapport Nr 2. 2012 og Rapport Nr. 3 2013

Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd – Samspill i praksis. Kunnskapsdepartementet

Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter. Kunnskapsdepartementet

Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei. Kvalitet og mangfold i fellesskolen. Kunnskapsdepartementet

Fotnotar

1.

Skattefunn er nærmare omtalt i Prop. 1 S (2013–2014) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kapittel 2, og i Prop. 1 S (2013–2014) for Nærings- og handelsdepartementet

2.

Laupande prisar

3.

Kjelde: Indikatorrapporten, Norges forskningsråd/NIFU

4.

Laupande prisar