Del 3
Omtale av særlige tema
7 Handlingsplan mot fattigdom. Rapport og status
Regjeringa la saman med statsbudsjettet for 2007 fram ein handlingsplan mot fattigdom. Handlingsplan mot fattigdom omfattar meir målretta tiltak som skal gi hjelp til grupper som fell utanfor, og særskilt innsats som kan bidra til å betre levekåra for dei som er mest vanskeleg stilt. Handlingsplan mot fattigdom er del av ein samla politikk for å redusere økonomiske og sosiale forskjellar og fattigdom. Handlingsplanen inngår i samanheng med Meld. St. 30 (2010–2011), der Regjeringa har presentert ein brei politikk for ei meir rettferdig fordeling. Den breie fordelingspolitikken omfattar verkemiddel og innsatsområde som er grunnleggjande i ein heilskapleg og langsiktig innsats for å førebygge låginntekt og fattigdom. Regjeringa sin politikk mot fattigdom inneheld langsiktige tiltak og eit sterkt førebyggande perspektiv. Sjå omtale av Regjeringa sin innsats for betre fordeling og mot fattigdom del I, punkt 2.2.10, og del II, resultatområde 2 Arbeid og velferd, hovedmål 4 Et inkluderende samfunn og bedre levekår for de vanskeligst stilte.
Handlingsplan mot fattigdom omfattar tiltak under fleire departement. I tillegg til tiltak på budsjettet til Arbeidsdepartementet er det sett i verk tiltak av Kunnskapsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Kulturdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
Under gis ein kortfatta statusrapport på tiltak mot fattigdom som er sette i verk eller styrkte i perioden 2006–2013 som eit ledd i handlingsplan mot fattigdom. I budsjettproposisjonen for departementa er det ei meir utførleg omtale. Ein samla rapport finst òg i trykt vedlegg til St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet: Handlingsplan mot fattigdom – status 2008 og styrka innsats. I tillegg til tiltak som er omtalte her, er det sette i verk tiltak som har tilknytning til innsatsen mot fattigdom m.a. som eit ledd i Handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrerbefolkningen (2007–2010).
Den særlege innsatsen mot fattigdom er knytt til dei tre delmåla i handlingsplanen:
Alle skal gis moglegheiter til å komme i arbeid.
Alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg.
Betre levekåra for dei mest vanskelegstilte.
Delmål: Alle skal gis moglegheiter til å komme i arbeid
Kvalifiseringsprogram for utsette grupper
Ansvarleg: Arbeidsdepartementet
Eit kvalifiseringsprogram med kvalifiseringsstønad blei innført frå 1. november 2007. Kvalifiseringsprogrammet er fasa inn i takt med etableringa av NAV-kontora og blei landsomfattande frå 1. januar 2010. Ved utgangen av 2012 deltok 6 241 personar i programmet. Pr. 30. april 2013 var talet 6 117. Ved utgangen av april 2013 var det om lag 18 250 personar som var, eller hadde vore, deltakarar i programmet sidan 2008. Av dei om lag nærare 13 900 deltakarane som gjennomførte program i perioden frå 2008 til dette tidspunktet, gjekk 47 pst. til ordinært arbeid, utdanning eller andre arbeidsretta tiltak. Denne delen har auka vesentleg dei siste åra, frå 41 pst. i 2010. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2012 og 2013 gjennomført ei rekke tiltak for å sikre at alle i målgruppa blir vurdert for deltaking i programmet. Sjå nærare omtale i kap. 621, post 21.
Løyvinga til dekning av kommunale meirkostnadar knytt til kvalifiseringsprogrammet er frå 2011 lagt inn i rammetilskotet til kommunane og gitt som ei særskilt fordeling. Statlege arbeidsmarknadstiltak inngår i kvalifiseringsprogrammet. Arbeids- og velferdsetaten har eit bredt spekter av tiltak som omfattar m.a. oppfølging, kvalifisering og arbeidstrening.
Landsomfattande arbeidsmarknadssatsing for å motverke fattigdom
Ansvarleg: Arbeidsdepartementet
I 2003 blei det sett i gang ei satsing på målretta arbeidsmarknadstiltak for utvalde målgrupper i 31 kommunar. Satsinga blei seinare utvida med fleire kommunar og fleire tiltaksplassar, og blei i løpet av 2006 landsomfattande. Målgruppa har vore langtidsmottakarar av sosialhjelp, ungdom i alderen 20-24 år og einslege forsørgjarar som har sosialhjelp som hovudinntekt, innvandrarar som treng bistand for å komme i arbeid, innsette i fengsel og personar som mottek legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Målgruppene for kvalifiseringsprogrammet og satsinga på målretta arbeidsmarknadstiltak er i stor grad dei same. Regjeringa fasa difor ut arbeidsmarknadssatsinga frå 2011. Den særskilte satsinga på målretta arbeidsmarknadstiltak til personar som mottek legemiddelassistert rehabilitering held fram.
Jobbsjansen
Ansvarleg: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Det blei i 2013 sett av nye 30 mill. kroner til å innføre tiltaket Jobbsjansen frå sommaren 2013. Målsetjinga med tiltaket er å auke sysselsetjinga blant innvandrarar som står langt frå arbeidsmarknaden, og som ikkje er omfatta av andre ordningar. Den tidlegare forsøksordninga Ny sjanse blei frå og med innføringa ein del av Jobbsjansen.
Det er store variasjonar i deltakinga i arbeidslivet blant innvandrarar. Ei særleg utfordring er låg sysselsetjing i nokre grupper av kvinner med innvandrarbakgrunn. Mange kvinner som ikkje tek del i arbeidslivet er heimeverande og blir økonomisk underhaldne av ein mann som er i arbeid. Desse kvinnene er derfor verken i kontakt med NAV-kontoret eller i gang med noko form for kvalifisering. Heimeverande innvandrarkvinner er ei prioritert målgruppe for tiltaket.
Jobbsjansen byggjer på erfaringane frå forsøksordninga Ny sjanse. Tall frå Ny sjanse frå 2012 viser ein auke i overgangen til arbeid eller utdanning for deltakarane frå 39 pst. i 2011 til 52 pst. i 2012. Resultata hadde før dette halde seg på eit stabilt nivå på rundt 40 pst. sidan starten i 2005. Ein samfunnsøkonomisk analyse gjennomført i 2012 kom fram til at Ny sjanse er samfunnsøkonomisk lønnsamt.
Jobbsjansen blir ført vidare i 2014. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
Styrking av opplæringa innanfor kriminalomsorga
Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet
Innsette har eit stort behov for å styrkje realkompetansen for betre å meistre livet etter soning. Talet på fengselsplassar er dei siste åra auka, og løyvingane til opplæring i kriminalomsorga er styrkt tilsvarande. Det er no opplæringstilbod ved 51 fengsel. I tillegg er det oppfølgingsklasser ti stader i landet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet.
Styrkje tilbakeføringa av innsette og domfelte til samfunnet
Ansvarleg: Justis- og beredskapsdepartementet mfl.
For å betre levekåra til innsette ved lauslating, har Regjeringa innført ein tilbakeføringsgaranti. Sentralt i tilbakeføringsgarantien er bustad, moglegheiter for arbeid og opplæring, helsetenester og sosiale tenester. Arbeidet med å innføre tilbakeføringsgarantien har vore organisert som eit prosjekt. Det er tilsett 25 tilbakeføringskoordinatorar som koordinerar arbeidet i kriminalomsorga mot andre etatar. Prosjektet blei avslutta i juni 2012, men arbeidet med tilbakeføringsgarantien held fram. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Justis- og beredskapsdepartementet.
I tråd med intensjonen i tilbakeføringsgarantien sette Arbeids- og velferdsdirektoratet og Sentralforvaltninga for kriminalomsorga i 2009 i gang eit treårig nasjonalt forsøk med føremål å finne fram til modellar som sikrar innsette kontinuitet, integrerte tenester og tettare individuell oppfølging i overgang frå fengsel til fridom. Sju lokale fengsel og NAV-kontor tok del i prosjektet. Dei foreløpige resultata viser at fleire enn tidlegare har arbeid, bustad og andre tenester ved lauslating. Prosjektet blei avslutta i 2012, men fire av prosjektkommunane held fram prosjektet. Arbeids- og velferdsdirektoratet har levert ein sluttrapport som tek til orde for ei organisering som sikrar at innsette får god tilgang på tenester frå arbeids- og velferdsforvaltninga.
I dag er det skuletilbod i alle fengsla. I samarbeid mellom arbeidsdrifta i fengsla og opplæringsstyresmaktene, blir det arbeidd med å dreie opplæringstilbodet frå allmennfagleg til meir yrkesfagleg opplæring. Fylkesmannen i Hordaland leier, etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, prosjektet Tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU) i Rogaland og Troms. Dette inngår i Regjeringa sin innsats for å styrkje tilbakeføringa av straffedømde til samfunnet og er ei konkretisering av tilbakeføringsgarantien. Prosjektet er eit samarbeid mellom utdanningsstyresmaktene, kriminalomsorga, Arbeids- og velferdsetaten og kommunane. Ei evaluering konkluderer med at tiltaket er samfunnsøkonomisk lønnsamt.
Om lag ein tredel av alle som blir sette i fengsel manglar bustad, og enda fleire er utan bustad ved lauslating. Arbeid med å skaffe bustad før lauslating er sentralt i Regjeringa si tilbakeføringsgaranti, og held fram med utgangspunkt i regionale og lokale avtaler. Auka bruk av elektronisk kontroll er òg eit verkemiddel for at domfelte skal kunne oppretthalde ein tilfredsstillande bustad under og etter soning.
Styrking av Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA)
Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet
Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje grunnleggjande lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar slik at færre fell ut av arbeidslivet og fleire kan ta del i opplæring og utdanning. Bedrifter og offentlige verksemder kan søke om tilskot til opplæring i lesing, skriving, rekning og IKT for tilsette med svake grunnleggjande dugleikar. Opplæringa skal hovudsakleg vere knytt til deltakarane sin arbeidsplass og arbeidsoppgåver. Programmet blir forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk. Sidan BKA starta i 2006 har om lag 36 000 arbeidstakarar fått tilbod om å styrkje sine lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar gjennom programmet. Det blei i 2012 tildelt 106 mill. kroner gjennom programmet i tilskot til kurs i lesing, skriving, rekning og IKT for tilsette med svake grunnleggjande dugleikar. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet.
Lovendring om rett til utdanning for vaksne
Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet
Stortinget vedtok våren 2008 å utvide retten til vidaregåande opplæring for vaksne, jf. Ot.prp. nr. 40 (2007–2008). Bakgrunnen var at ei aukande gruppe vaksne fall utanfor vaksenretten, då denne berre gjaldt vaksne født før 1978 som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Gjennom lovendringa har alle vaksne over 25 år rett til opplæring.
Betre ordning for studentar med nedsett funksjonsevne
Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet
For å bidra til målet om like moglegheiter til utdanning betra Regjeringa studiefinansieringa for studentar med nedsett funksjonsevne i 2011. For studentar som på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje er i stand til å ta arbeid ved sidan av utdanninga eller i sommarferien blir det gitt eit ekstra månadleg stipend, samt at stønadsperioden er utvida til 12 månader. Om lag 1 430 personar har fått slik støtte sidan ordninga vart introdusert i 2011. I tillegg blir heile basisstøtta gitt som stipend ved forseinking i utdanninga ut over eit år når det er dokumentert at forseinkinga skuldast manglande tilrettelegging og studenten ikkje har fullfinansiering frå folketrygda. Støtte til ekstra forseinking har blitt gitt til ti personar. Tiltaka medverkar til at studentar med nedsett funksjonsevne i større grad enn tidlegare kan gjennomføre utdanning utan høgare gjeld enn andre studentar. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet.
Delmål: Alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg
Heilskapleg skuledag, gratis leksehjelp
Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet
For å bidra til betre læring gjennom tidleg innsats innførte Regjeringa eit tilbod om åtte veketimar gratis leksehjelp fordelte på 1. til 4. trinn frå og med hausten 2010. Dette er eit målretta tiltak for elever og foreldre som ønskjer ekstra støtte i læringa.
For å medverke til auka mangfald og inkludering innførte Regjeringa ein veketime med kulturskuletilbod i skule-/SFO-tida på barnetrinnet (1.-4. trinn) frå hausten 2013. Eit forslag om òg å lovfeste ein slik plikt for kommunar og private skuler til å tilby eit kulturskuletilbod i samanheng med SFO/skule, blei send på offentleg høring i juni 2013.
Auka gjennomføring av vidaregåande opplæring
Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet
Av elevar som startar vidaregåande opplæring gjennomfører og består rundt 70 pst. opplæringa etter fem år. Både for samfunnet og den enkelte er konsekvensane av fråfall frå vidaregåande opplæring store. Ny GIV blei etablert i 2010 for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Prosjektet omfattar både nasjonale og lokale tiltak som intensivopplæring på ungdomstrinnet, tett oppfølging, sommaraktivitetar, yrkesretting av fellesfag og utvikling av eit betre statistikkgrunnlag. Det blir vidare arbeidd med å styrke samarbeidet mellom den fylkeskommunale oppfølgingstenesta (OT), dei vidaregåande skulane, fagopplæringa og arbeids- og velferdsforvaltninga. Målet er å få på plass eit strukturert, samordna og målretta system for oppfølging av unge som står utanfor opplæring og arbeid. Det er etablert felles etter- og vidareutdanning for saksbehandlarar på tvers av ansvarsområda. I prosjektperioden har 900 tilsette i OT og arbeids- og velferdsforvaltninga fått etter- og vidareutdanning. Vidare er det etablert samarbeid med helsestyresmakta gjennom Ny GIV for å bruke kommunetilsette psykologar i arbeidet med å førebygge fråfall i dei vidaregåande skulane. I tillegg blir det prøvd ut at NAV-tilsette sosialfaglege rettleiarar er til stades på vidaregåande skuler i fire fylker. Av dei 20 000 ungdommane i OT klarte fylka ikkje å oppnå kontakt med nær halvparten av dei før Ny GIV. Dette talet er no redusert til 1 500 i juni 2013. Samstundes er det om lag ei dobling i talet som kjem i aktivitet, frå 4 500 til nær 9 000 i juni 2013. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet.
Auka barnetillegg til arbeidsavklaringspengar
Ansvarleg: Arbeidsdepartementet
Barnetillegget for mottakarar av attføringspengar og rehabiliteringspengar blei auka med 10 kroner pr. barn pr. dag, frå 17 kroner til 27 kroner, frå 1. januar 2006. Barnetillegget for tidsavgrensa uførestønad blei gjort behovsprøvd frå 1. juni 2006. Frå 1. mars 2010 blei rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad erstatta med arbeidsavklaringspengar. Det standardiserte barnetillegget på 27 kroner pr. barn pr. dag blei ført vidare for heile gruppa. Det blei gitt overgangsreglar som gir tidlegare mottakarar av tidsavgrensa uførestønad kompensasjon for bortfallet av det behovsprøvde barnetillegget ut vedtaksperioden, men ikkje lenger enn ut 2012.
Inntektssikring for forsørgjarar med låg inntekt – endringar i reglane om bidragsforskott og gebyr ved fastsetting og endring av bidrag
Ansvarleg: Arbeidsdepartementet
Reglane om bidragsforskot og gebyr ved fastsetjing og endring av bidrag blei endra i 2011, slik at reglane i auka grad er innretta mot dei mest vanskelegstilte. Endringane er ei oppfølging av St.meld. nr. 19 (2006–2007) Evaluering av nytt regelverk for barnebidrag. Inntektsgrensa for retten til maksimalt forskot er auka frå 170 900 kroner pr. år, til 235 101 kroner (frå 1. juli 2013). Inntektsgrensa er med dette auka betydeleg og likestilt med grensa for når bidragspliktig etter barnelova er friteken frå å betale bidrag. Auken av inntektsgrensa for rett til fullt forskot vil styrke økonomien til forsørgjarar med låg inntekt og samtidig trygge forsørging av barnet der den bidragspliktige ikkje kan eller vil betale. Inntektsgrensa for gebyrfritak for behandling av søknad om fastsetting og endring av underhaldsbidrag er heva til same nivå. Denne endringa kjem både bidragsmottakarar og bidragspliktige til gode. Regelen om avgrensa behovsprøving for forskotsmottakarar med barn der far ikkje er oppgitt mv. er oppheva, for å handsame alle forskotsmottakarar likt. Sjå omtale under kap. 2620, post 76, kap. 5701, post 73 og kap. 3605, post 06.
Tiltak for å førebygge og redusere fattigdom blant barn, unge og barnefamiliar
Ansvarleg: Arbeidsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
I 2004 blei det løyvt midlar til tilskot til kompetanse- og utviklingstiltak for å førebygge og redusere fattigdom blant barn og unge som er i kontakt med barnevernet. Ei tilsvarande satsing blei sett i verk i 2005 overfor barn, unge og barnefamiliar som er i kontakt med sosialtenesta. Formålet er å førebygge og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge gjennom å styrkje det sosiale og førebyggande arbeidet i kommunane, utvikle nye tiltak overfor målgruppa, styrkje samarbeid og samhandling lokalt og sentralt, m.a. mellom barnevernet og sosialtenesta, og å heve og utvikle kunnskap og kompetanse blant aktørane i lokalsamfunnet. 29 kommunar tok del i satsinga knytt til barnevernet. Kommunane har hovudsakleg søkt om midlar til ferie- og fritidsaktivitetar, sommarjobb til unge, utstyrslager, leksehjelp og kompetansehevingstiltak. Satsinga knytt til barnevernet blei avslutta i 2009. Evalueringa frå 2009 viser m.a. at merksemda om fattigdom blant barn auka i dei kommunane som tok del i satsinga.
Løyvinga til tiltak i dei sosiale tenestene blei styrkt i 2007 og 2008. I 2013 er det fordelt tilskot til tiltak i 85 kommunar og bydelar. Fleirtalet av tiltaka rettar seg inn mot sosial inkludering av barn, unge og barnefamiliar. Støtte til ferie- og fritidsaktivitetar er prioritert. Det er gitt tilskot til leksehjelp, utstyrsbankar og til utarbeiding av handlingsplanar. Tiltak for barn og unge med foreldre som deltek i kvalifiseringsprogram er prioritert. Fleire kommunar/NAV-kontor har fått tilskot til utvikling av heilskapleg oppfølgingsprogram for å få foreldra ut i arbeid samtidig som barna får nødvendig oppfølging. Det er òg gitt tilskot til større satsingar i samarbeid med fylkesmannen og andre direktorat og departement som Sjumilssteget i Troms og Talenter for framtida i Telemark. Ei evaluering frå 2009 viser at tilskotsordninga har ført til inkludering ved å skape høve for barn og unge til å delta i aktivitetar og på sosiale arenaer, og til større medvit i kommunane om fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge. Tiltaka har gitt rom for å arbeide førebyggande og til å utvikle nye tiltak. Evalueringa peikte på utfordringar knytt til forankring av tiltak i kommunane, og behov for ein meir heilskapleg innsats for å betre situasjonen for barn og unge i disse familiane. Tilskotsordninga blir ført vidare og styrkt i 2014. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 63.
Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn
Ansvarleg: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn omfattar 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. I 2013 var ordninga på om lag 64,3 mill. kroner. Innsatsen er todelt. Ei satsing på 22 mill. kroner er retta mot ungdom med særskilte behov og utsette ungdomsgrupper (ungdomstiltak) og til å skape gode, opne møteplassar for målgruppa. Den andre satsinga er på 42,3 mill. kroner og er retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem (fattigdomstiltak). Løyvinga blei i 2012 auka med 7,5 mill. kroner for å inkludere bydel Bjerke, samt til ei generell styrking av ordninga. Kulturdepartementet har vidare styrka ordninga med 5 mill. kroner for å auke barn og unge sin deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar. Løyvinga til tiltak mot fattigdom blir nytta til å støtte arbeid med å utvikle og tilby kultur-, ferie- og fritidstiltak for barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem i bykommunane, tiltak som kan bidra til kvalifisering og inkludering, m.a. gjennom etablering av alternative meistringsarenaer, og tilskot til langsiktige og samordna tiltak. Tiltaksutviklinga er kommunalt forankra, ofte i samarbeid med frivillig sektor. Den særlege satsinga retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdom blei evaluert i 2010. Evalueringa viser at ordninga har ført til at kommunane har fått større medvit og kompetanse om fattigdom blant barn og verdien av å etablere sosiale møteplassar, meistringsarenaer og kvalifiseringsarenaer for utsette barn og unge. På bakgrunn av evalueringa har Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet tilrådd kommunane å utarbeide konkrete målsetjingar for prioritering av midlane og innrette arbeidet ut frå kunnskap om lokale risikogrupper. Arbeidet bør inngå i ein heilskapleg og samordna barne- og ungdomspolitikk. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
Tiltak for ungdom i risikosoner – Losprosjektet
Ansvarleg: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har sidan 2007 hatt ei særleg satsing retta mot ungdom som står i fare for å hamne utanfor opplæring og arbeidsliv, Unge utenfor. Som del av satsinga er det gjennomført utgreiingar og evalueringar om resultat og gevinstar av tiltak retta mot ungdom i målgruppa. I tillegg har åtte kommunar/bydelar gjennomført eit utviklingsarbeid med mål om å utvikle betre arbeidsmåtar og samarbeidsformer for målgruppa. Utviklingsarbeidet blei avslutta i 2010. Eksempelsamlinga Veier tilbake til skole og arbeid skildrar erfaringar og resultat frå utviklingsarbeidet og er sende ut til alle kommunar.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet hatt ansvar for utviklingsarbeidet Utsatte unge 17–23 år i overgangsfaser. Arbeidet har gått ut på å hjelpe ungdom inn i utdanning, arbeid og bustad og å gi fritidstilbod. Arbeidet blei avslutta i 2009. Innsatsen er evaluert.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet starta hausten 2010 opp Losprosjektet. Losprosjektet er eit treårig prosjekt for å styrkje oppfølging av utsett ungdom. 15 kommunar frå til saman ni fylke tek del i prosjektet. Formålet er å betre tilknytinga til skule og arbeid blant særleg risikoutsette unge i alderen 14–23 år. Gjennom Losprosjektet skal ungdom få ein kontaktperson, ein los, som skal følgje opp ungdommane og hjelpe dei med å nyttiggjere seg av tilbod frå ulike hjelpetenester. Innsatsen blir sett i samanheng med Kunnskapsdepartementet si gjennomføring av prosjektet Ny GIV. Prosjektet skal halde fram til og med 2013. Sluttrapport frå evalueringa skal leverast i 2014.
Tiltak for ungdom i risikosoner
Ansvarleg: Arbeidsdepartementet
I 2008 blei det i regi av Arbeids- og velferdsdirektoratet sette i verk eit utviklingsarbeid overfor barn og unge i risikosoner. Målgruppa er ungdom 15–25 år. Innsatsen er retta mot ungdom som står i fare for, eller har falt ut av vidaregåande opplæring, som utviklar kriminell åtferd, testar ut rusmiddel, og mot minoritetsungdom. Innsatsen tek utgangspunkt i Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, og skal bidra til å sette i verk modellforsøk og utviklings- og kompetansetiltak. I porteføljen av tiltak inngår 13 kommunar, samt tre interkommunale prosjekt. Utviklingsarbeidet blir ført vidare i 2014. Satsinga er under evaluering. Den første evalueringsrapporten viser at 29 pst. av deltakarane ser ut til å halde fram på skule etter prosjektavslutning, 28 pst. deltek på tiltak i regi av NAV-kontoret (mot 7 pst. før prosjektdeltaking), mens 19 pst. er i arbeid, heiltid eller deltid (mot 3 pst. før prosjektdeltaking). Berre 4 pst. er heilt ledige, mot 30 pst. før prosjektdeltaking. Sluttrapport frå evalueringa vil komme i 2015. Erfaringane frå utviklingsarbeidet blir nytta inn i satsinga for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring, Ny GIV.
Nordlandsprosjektet, Ungdom i svevet, blei avslutta som prosjekt i 2010. Prosjektet hausta gode erfaringar. Arbeids- og velferdsdirektoratet arbeider saman med andre direktorat for at erfaringar, kunnskap og kompetanse blir spreidd. Fylkesmannsembeta skal i samarbeid med NAV fylke formidle og føre vidare erfaringane ut til dei lokale NAV-kontora, kommunane og fylkeskommunane. Fylkesmannen i Nordland og Universitetet i Nordland har ei særleg pådrivarrolle. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 63.
Tiltak for barn med foreldre som er psykisk sjuke og/eller rusavhengige
Ansvarleg: Helse- og omsorgsdepartementet
Det er sette i verk tiltak for barn med foreldre som er psykisk sjuke og/eller rusavhengige. Tiltaka har som mål å gi tidlegare hjelp til barna, styrkje rettleiing og kompetanse i tenestene, langsiktig oppfølging av barna, auke forsking og erfaringsspreiing.
Endringane i helsepersonellova og spesialisthelsetenestelova om oppfølging av barn som pårørande, har frå 2010 styrkt rettsstillinga til barna og medverka til at mindreårige barn av psykisk sjuke, rusavhengige, alvorleg somatisk sjuke eller skadde pasientar får betre oppfølging når foreldra tek imot helsehjelp. Helsepersonell har plikt til å bidra til å ta vare på mindreårige barn som pårørande. Helseinstitusjonar skal i nødvendig utstrekning ha personell med ansvar for å fremje og koordinere helsepersonellet si oppfølging av barna. Alle sjukehus har barneansvarleg personell. Helsedirektoratet utarbeidde i 2009 eit rundskriv til lovendringane om barn som pårørande og ein informasjonsbrosjyre for barn.
Barn som pårørande er eit eige femårig strategisk forskingsområde under Norges forskningsråd.
Det er oppretta fleire lågterskeltiltak for familiar med psykisk sjuke eller rusavhengige foreldre som følg familiar med barn i alderen 0-6 år.
Delmål: Betre levekåra for dei mest vanskelegstilte
Tiltak for personar med rusproblem
Ansvarleg: Helse- og omsorgsdepartementet
Tiltak for personar med rusproblem er styrkt som eit ledd i innsatsen mot fattigdom. I 2012 la Helse- og omsorgsdepartementet fram ei melding til Stortinget om rusmiddelpolitikken (Meld. St. 30 (2011–2012)). Stortingsmeldinga omhandlar alkohol, narkotika, legemidlar og doping som samfunnsproblem. Samhandlingsreforma blir stadfesta for personar med rusproblem, og meldinga har fokus på førebygging, tidleg innsats, samhandling og brukar- og pårørandeperspektiv.
Opptrappingsplanen for rusfeltet blei avslutta i 2012 og avløyst av strategiar innafor folkehelse, overdoser, kompetanse og implementering av rus og psykisk helse i samhandlingsreforma. Løyvingane til rusfeltet er auka med over 1 mrd. kroner samanlikna med 2005.
Auke i satsane i dei statlege rettleiande retningslinene for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald
Ansvarleg: Arbeidsdepartementet
Satsane i dei statlege rettleiande retningslinene for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald er prisjusterte årleg. Dei rettleiande retningslinene blei auka med 5 pst. ut over ordinær prisauke frå 1. januar 2007 og auka med ytterlegare 5 pst. ut over ordinær prisauke frå 1. januar 2009.
Styrking av bustøtta
Ansvarleg: Kommunal- og regionaldepartementet
I 2006 blei buutgiftstaket i bustøtteordninga auka med 10 000 kroner for mottakarar i dei åtte største byane i landet. Frå 2007 blei bustøtta utbetalt kvar månad, mot tidlegare kvart tertial. I 2008 blei ordninga utvida til å omfatte deltakarar i kvalifiseringsprogrammet. Frå 1. juli 2009 blei ordninga forenkla og utvida, jf. St.prp. nr. 11 (2008–2009) Ei styrkt bustøtte. Etter omlegginga kan alle med låge inntekter og høge buutgifter få bustøtte. Unntaka er studentar og militært/sivilt tenestepliktige, som har eigne ordningar for bustadstøtte. Overgangsordningar blei oppretta for å skjerme dei som fekk støtte før omlegginga mot brå endringar i utbetalingane som følgje av endra reglar. I åra 2010 til 2013 blei satsane i bustøtta auka i takt med veksten i minstepensjonane. I mars 2011 blei det gitt ei ekstraordinær utbetaling på til saman 321 mill. kroner til motakarar av bustøtte, som hjelp til å dekke dei høge energiutgiftene etter den kalde vinteren, jf. Prop. 61 S (2010–2011). I 2011 blei òg buutgiftstaka (maksimalt godkjende buutgifter) auka for store husstandar/barnefamiliar. I 2013 blei tillegget til buutgiftstaket auka for dei som har høgare buutgifter grunna nedsett funksjonsevne. For juni månad 2013 fekk 120 300 husstandar utbetalt bustøtte, som er 11 600 (11 pst.) fleire enn i same månad før omlegginga (juni 2009). Utbetalingane av bustøtte har auka frå 2 054 mill. kroner i 2005 til ei løyving på 3 000 mill. kroner i 2013. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Kommunal- og regionaldepartementet.
Tilskot til utleigebustader er òg styrkt som eit ledd i innsatsen mot fattigdom.
Varig bustad framfor bruk av hospits og andre mellombels bustadsforhold
Ansvarleg: Arbeidsdepartementet
I perioden 2007–2009 blei det gjennomført forsøksprosjekt i dei fire storbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, samt i fem andre kommunar med utfordringar knytt til bruk av mellombels bustadforhold. Formålet er å utvikle metodar og tiltak for oppfølging av personar som oppheld seg i mellombels bustader slik at dei kan få tilbod om varig bustad. Løyvinga til formålet inngår frå 2010 i tilskot til bustadsosialt arbeid. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 63.
Reduksjon i gebyr for tvangsforretningar
Ansvarleg: Justis- og beredskapsdepartementet
Dei statlege gebyra for ulike tvangsforretningar blei reduserte i 2007. Inntekta frå slike gebyr blei sett ned med til saman 230 mill. kroner samanlikna med nivået i 2006.
Lågterskeltilbod for rettshjelpssøkjande
Ansvarleg: Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet gir kvart år tilskot til ulike prosjekt som tilbyr gratis rettshjelp. Det er primært organisasjonar som har direkte kontakt med, og som gir rettshjelp til særleg utsette samfunnsgrupper, som tek i mot tilskot. Mange av organisasjonane som mottek tilskot er basert på frivillig arbeid. Blant tiltaka som mottek tilskot, er rettshjelpsarbeid i regi av jusstudentar i Oslo (Juridisk Rådgivning for Kvinner og Juss-Buss), Bergen (Jussformidlingen), Trondheim (Jushjelpa i Midt-Noreg) og Tromsø (Jusshjelpa i Nord-Noreg). Mange av studentrettshjelpstiltaka driv oppsøkjande arbeid m.a. i fengsel, vaksenopplæringssenter og asylmottak. Gatejuristen i Oslo, Trondheim, Tromsø, Bergen og Kristiansand driv oppsøkjande rettshjelpsarbeid blant personar med rusproblem. Gatejuristane har fått tilskot i fleire år, og i løpet av 2012 blei det oppretta nye gatejuristprosjekt både på Hamar og i Stavanger. Ei rekke kommunar og krisesenter får tilskot for å kunne tilby gratis advokatvakt. Midlane dekker utgifter til juridisk hjelp ved offentlege servicekontor i kommunen og krisesenter rundt i landet, inkludert Pro Sentret, DIXI Ressurssenter Oslo og Støttesenteret mot Incest. I tillegg har Oslo kommune Fri rettshjelp og Rettshjelpskontoret Indre Finnmark motteke årlege tilskot.
I St.meld. nr. 26 (2008–2009) Om offentleg rettshjelp tok Regjeringa til orde for ei rekke tiltak for å forbetre rettshjelpsordninga. I 2010 blei det oppretta eit prosjekt for utprøving av førstelinerettshjelpa i Buskerud og Rogaland, samt eit interkommunalt samarbeid i Lindesnes-regionen. Sluttevalueringa blei ferdigstilt våren 2013. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Justis- og beredskapsdepartementet.
Regulering av inntekts- og formuesgrensene for fri rettshjelp
Ansvarleg: Justis- og beredskapsdepartementet
Frå 1. januar 2009 blei inntektsgrensa for fri rettshjelp auka frå 230 000 kroner til 246 000 kroner for einslege og frå 345 000 kroner til 369 000 kroner for ektefellar og andre som lever saman og har felles økonomi. Dette gjer at fleire vil bli omfatta av rettshjelpsordninga.
Frivillig arbeid
Ansvarleg: Arbeidsdepartementet og Kulturdepartementet
Løyvingane til frivillig arbeid blei styrkte i 2008 og 2009 for å styrkje og vidareutvikle dialogen og samarbeidet med frivillige organisasjonar som arbeider mot fattigdom og sosial eksklusjon. I 2008 blei det etablert eit kontaktutval mellom Regjeringa og representantar for sosialt og økonomisk vanskelegstilte og eit samarbeidsforum for organisasjonane som er med i Kontaktutvalet. Batteriet, som er eit nasjonalt ressurssenter i regi av Stiftelsen Kirkens Bymisjon Oslo, er sekretariat for Samarbeidsforum. Det er etablert fire Batterier utanfor Oslo; i Bergen, Trondheim, Bodø og Kristiansand. I 2008 blei det etablert ei tilskotsordning til drift av organisasjonar som arbeider mot fattigdom og sosial eksklusjon og til prosjekt og aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar. Formålet er å støtte eigenorganisering, sjølvhjelpsaktivitetar, brukarpåverknad og interessepolitisk arbeid. I tillegg til driftsstøtte til Samarbeidsforum med Kontaktutvalet og Batteriene er det i 2013 gitt driftsstøtte til 17 organisasjonar og tilskot til 21 prosjekt. Tilskot til aktivisering og arbeidstrening i regi av frivillige organisasjonar blei styrkt i 2009. Totalt har 40 prosjekt fått tilskot i 2013. I 2011 blei det etablert ei tilskotsordning for å stimulere til utvikling av sosialt entreprenørskap og sosiale entreprenørar som arbeider mot fattigdom og sosial eksklusjon. I alt sju verksemder har teke i mot tilskot frå ordninga i perioden 2011–2013. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 70.
Kulturdepartementet har styrkt kultur innanfor tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, med eit eige program for kultur. Føremålet er å bidra til at fleire utsette barn og unge får høve til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar.
Det er gitt tilskot til ei prøveordning i Møre og Romsdal med opplevingskort for barn og unge i familiar med låginntekt. Kortet gir gratis tilgang for innehavaren av kortet og ein ven til ulike kultur- og fritidsopplevingar i fylket.
I 2013 har Kulturdepartementet fordelt midlar til 390 frivilligsentralar i 320 kommunar. Gjennom eit mangfald av aktivitetar og tilbod legg sentralane til rette for at det skal være lett å delta og være med i frivillig arbeid.
Kulturdepartementet gir i 2013 støtte til eit pilotprosjekt for å styrke brei lokal samhandling knytt til barn og unge si deltaking. Bakgrunnen er forskjellar i barn og unge si deltaking, og føremålet er å legge til rette for betre samarbeid mellom kommunar og frivillig sektor. Prosjektet er i regi av KS i samråd med Frivillighet Norge.
Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Kulturdepartementet.
Utviding av fylkesmannen sitt tilsynsansvar
Ansvarleg: Arbeidsdepartementet
På bakgrunn av framlegg i Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) Om lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen er tilsynsansvaret til fylkesmannen utvida til òg å omfatte tilsyn med økonomisk stønad og kvalifiseringsprogram/kvalifiseringsstønad frå 1. januar 2010. Løyvingane til fylkesmannsembeta blei styrkte som følgje av dette.
8 Likestillingsomtale
Orientering om likestilling i verksemdene
Likestillingslova § 1 a, Diskrimineringslova § 3 a og Diskriminerings- og tilgjengelighetslova § 3 pålegg statlege verksemder å arbeide, aktivt, målretta og planmessig for å betre likestilling og hindre diskriminering, både som offentleg myndigheit og som arbeidsgjevar. I tillegg til aktivitetsplikta, har statlege verksemder ei plikt til å greie ut om likestillingsarbeidet. Statlege verksemder som ikkje er pålagd å utarbeide årsmelding skal gi utgreiinga i årsbudsjettet. Det skal gjerast greie for planlagde og gjennomførte tiltak når det gjeld kjønn, funksjonsnedsetting, etnisitet, religion o.a. Når det gjeld kjønn, skal det i tillegg gjerast greie for den faktiske tilstanden.
Arbeidsdepartementet
Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)
Kjønnsbalanse | Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K% | Total (N) | M | K | ||
Totalt i verksemda | 2012 | 36,0 | 64,0 | 199 | 599 | 534 |
2011 | 39,0 | 61,0 | 191 | 587 | 519 | |
Toppleiarar | 2012 | 63,0 | 37,0 | 8 | 1 094 | 1 231 |
2011 | 60,0 | 40,0 | 10 | 1 035 | 1 064 | |
Mellomleiarar | 2012 | 46,0 | 54,0 | 35 | 755 | 755 |
2011 | 57,0 | 43,0 | 30 | 675 | 700 | |
Ev. alternativ karrierevegs stillingar (t.d. fagdirektørar) | 2012 | 37,0 | 63,0 | 97 | 600 | 556 |
2011 | 41,0 | 59,0 | 94 | 767 | 500 | |
Saksbehandlarar (t.d. rårgjevarar, førstekonsulentar) | 2012 | 30,0 | 70,0 | 66 | 452 | 413 |
2011 | 25,0 | 75,0 | 65 | 415 | 427 | |
Konsulentar/Sekretærar/Lærling | 2012 | 100,0 | 0,0 | 1 | ||
2011 | 100,0 | 0,0 | 1 | |||
Slutta (tal pr. 31.12.) | 2012 | 61,0 | 39,0 | 18 | ||
2011 | 58,0 | 42,0 | 26 | |||
Nyrekruttert | 2012 | 27,0 | 73,0 | 22 | ||
2011 | 41,0 | 59,0 | 17 | |||
Deltidstilsette | 2012 | 10,0 | 90,0 | 21 | ||
2011 | 12,0 | 88,0 | 24 | |||
Midlertidig tilsette | 2012 | 42,0 | 58,0 | 12 | ||
2011 | 33,0 | 67,0 | 9 | |||
Foreldrepermisjon | 2012 | 0,0 | 100,0 | 2 | ||
2011 | 25,0 | 75,0 | 8 | |||
Legemeldt sjukefråvær (%) | 2012 | 1,0 | 5,0 | |||
2011 | 0,8 | 4,3 |
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn
1. oktober 2012 var det 207 tilsette (inkl. toppleiarane) i Arbeidsdepartementet. Omlag 63 pst. av dei tilsette var kvinner. Som tilstandsrapporteringa viser, er det ingen store endringar i kvinne-andelen eller i fordelinga av kjønn samanlikna med 2011. Både tilstandsrapporten og tidligare interne analysar og kartlegging av likestilling i departementet frå 2008, 2010 og 2012 viser ein stabil overrepresentasjon av kvinner i departementet. Å få ein betre kjønnsbalanse er noko departementet har fokus på. Departementet sin nye rekrutteringsstrategi vil bli ferdigstilt innan utgangen av 2013. Departementet har òg i 2012 utarbeidd ein eigen handlingsplan knytt til profilering av departementet som ein attraktiv arbeidsgjevar.
Lønnspolitikken er under revisjon, og kjønnsperspektivet vil vere ein del av departementets lokale lønnspolitikk. Funna i årlege interne lønnsanalysar på likestillingsområdet vert alltid fokusert på i lokale forhandlingar. Departementet nyttar heimelen som skal sikre at kvinner i fødsels- og omsorgspermisjon ikkje kjem på etterskot i lønnsutviklinga. Tilstandsrapporteringa viser at på mellomleiarnivå var lønna i gjennomsnitt den same for kvinner og menn i 2012. På saksbehandlarnivå, har kvinner i gjennomsnitt lågare lønn enn menn, men kvinner sin andel i denne stillingsgruppa er stor. I stillingsgruppa for alternativ karriereveg, har lønna til kvinnene auka frå 2011 til 2012. Nedgangen i lønn hos menn i same gruppe skuldast spesialrådgjevarar som har slutta.
Kvinner har generelt eit høgre sjukefråvær enn menn. Sett under eitt har utviklinga likevel gått i retning av ein jamn nedgang i det totale sjukefråværet. Departementet sin leiargruppe, avdelingar og arbeidsmiljøutval følgjer nøye opp sjukefråværet kvart kvartal, og vert satt i gang særlege tiltak på ev. identifiserte fokusområde ved behov.
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av etnisitet, religion o.a., og nedsett funksjonsevne
Departementet har i gjennomsnitt hatt 1-4 pst. tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2(Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania unnateke Australia og New Zealand, og Europa utanfor EU). Rekruttering er derfor definert som ein barriere. Departementet deltek i den nye toårige forsøksperioden (2012–2013) for moderat kvotering, og har sett som mål å rekruttere ein til tre personar frå målgruppa i løpet av to-års perioden. I 2012 blei det rekruttert to personar frå landgruppe 2 (moderat kvotering blei ikkje nytta). Departementet har etablert samarbeid med to nettstader som vender seg særleg til personar med innvandrarbakgrunn.
Søkjarar med nedsett funksjonsevne vert innkalla til intervju dersom dei er kvalifisert. Tidligare kartleggingar viser at det er få (gjennomsnitt ca. 1-2 pst. av dei som søkjer pr. år) som oppgjer at dei har nedsett funksjonsevne. Tal for 2012 viser at departementet hadde 2 søkjarar som oppga at dei hadde nedsett funksjonsevne. Å nå dei kvalifiserte søkjarane er ein barriere. Departementet nyttar blant anna jobbportalen «Jobbressurs» for å nå målgruppa betre. Departementet er framleis med i prosjektet som er sett i gang av Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet (FAD) og hovedsamanslutningane for å sjå på kva som kan gjerast for å rekruttere fleire med redusert funksjonsevne. Departementet er òg med i Statens sitt traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne, og har rekruttert ein trainee. Departementet har i eigne IA-planar satt mål for rekruttering frå målgruppa, og har som mål å ta imot IA-kandidatar. Det gjerast i samarbeid med NAV sitt Arbeidslivssenter.
Arbeids- og velferdsetaten
Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)
Kjønnsbalanse | Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kroner) | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K% | Total | M | K | ||
Totalt i Verksemda | 2012 | 30,0 | 70,0 | 13 893,0 | 458 | 426 |
2011 | 30,5 | 69,5 | 13 597,0 | 441 | 408 | |
Toppleiarar | 2012 | 51,4 | 48,6 | 35,0 | 896 | 949 |
2011 | 56,8 | 43,2 | 37,0 | 872 | 889 | |
Mellomleiarar | 2012 | 40,6 | 59,4 | 1 291,0 | 581 | 557 |
2011 | 40,6 | 59,4 | 1 262,0 | 557 | 534 | |
Ev. alternativ karrierevegsstillingar | 2012 | |||||
2011 | ||||||
Rådgivarar o.a. | 2012 | 35,0 | 65,0 | 5 822,0 | 475 | 444 |
2011 | 36,0 | 64,0 | 5 541,0 | 459 | 428 | |
Saksbehandlarar/kons. | 2012 | 24,0 | 76,0 | 6 492,0 | 393 | 394 |
2011 | 24,3 | 75,7 | 6 467,0 | 376 | 376 | |
Kontorstillingar o.a. | 2012 | 17,0 | 83,0 | 179,0 | 346 | 350 |
2011 | 16,4 | 83,6 | 214,0 | 329 | 335 | |
Slutta | 2012 | 30,0 | 70,0 | 1 185,0 | ||
2011 | 30,0 | 70,0 | 1 225,0 | |||
Nyrekrutterte | 2012 | 30,0 | 70,0 | 1 260,0 | ||
2011 | 31,0 | 69,0 | 755,0 | |||
Deltids tilsette | 2012 | 16,0 | 84,0 | 2 521,0 | ||
2011 | 16,9 | 83,1 | 2 585,0 | |||
Midlertidig tilsette | 2012 | 25,0 | 75,0 | 1 076,0 | ||
2011 | 26,0 | 74,0 | 865,0 | |||
Ev. timelønna | 2012 | |||||
2011 | ||||||
Foreldrepermisjon (fødsels- /omsorg-/fedrepermisjon | 2012 | 15,0 | 85,0 | 247,0 | ||
2011 | 12,3 | 87,7 | 301,0 | |||
Legemeldt sjukefråvær | 2012 | 4,0 | 6,8 | 6,0 | ||
2011 | 4,5 | 7,1 | 6,3 |
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn
Arbeids- og velferdsetaten er ein kvinnedominert arbeidsplass der kvinneandelen har vore stabil på om lag 70 pst.
Likestillingsprinsippa (likelønn) i Arbeids- og velferdsetaten er fastslått i lokal lønnspolitikk. I toppleiargruppa er kvinner sin gjennomsnittlege lønn pr. år høgare enn for menn. Det same gjeld òg i kategorien kontorstillingar. For saksbehandlarstillingar er det tilnærma lik gjennomsnittleg lønn pr. år. Gjennomsnittleg lønnstrinn for kvinner i etaten under eitt, er lågare enn for menn. Etaten har derfor ved dei lokale lønnsforhandlingane følgt Hovudtariffavtalen sine føringar om å jamne ut forskjellar på kjønn i nokre stillingskodar. Avstanden mellom gjennomsnittleg lønnstrinn mellom kjønna er redusert frå 4,4 lønnstrinn i 2008 til 3,3 trinn i 2013. I perioden juli 2012 til juli 2013 er forskjellen redusert med 0,2 trinn.
I samsvar med tilpassingsavtalen for Arbeids- og velferdsetaten skal arbeidsoppgåver som gir utvikling, økt kompetanse eller som på anna vis bidrar til å kvalifisere til avansement, fordelast slik at kvinner og menn får same grunnlag for karriereutvikling. Deltaking på kurs og opplæringstiltak er ikkje knytt til kjønn, men til stilling og funksjon.
Arbeids- og velferdsdirektoratet kartlegg årleg kjønnsbalansen innan stillingsgruppene, og følgjer dette opp ovafor driftseiningane gjennom krav til tiltak og rapportering. Ytterlegare analyser av situasjonen i ulike einingar i etaten er naudsynt for at direktoratet skal ha grunnlag for å vurdere om det er behov for å sette inn særskilte tiltak retta mot auka rekruttering av menn. Det blir òg sett på korleis ein kan få betre rapporter på blant anna kjønnsfordelinga blant søkjarane til stillingar i etaten. Arbeids- og velferdsetaten har ikkje funne grunn til å vurdere særskilte tiltak retta mot menn for å hindre avgang. Tal for 2012 viser at det i etaten ikkje er større avgang av menn enn kvinner.
Hausten 2012 starta etaten eit prosjekt grunna vedvarande høgt sjukefråvær siste åra. Prosjektet skal i tillegg til å arbeide med etatens sjukefråvær òg arbeide med førebyggjande nærvær.
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av etnisitet, religion o.a., og nedsett funksjonsevne
Rekruttering er eit virkemiddel for å nå etatens mål om mangfald, noko som er presisert i etatens personalpolitiske føringar. Det er i etatens rekrutteringsrutinar eit eige punkt om kunngjering i et mangfaldsperspektiv. Etaten følgjer opp kravet om at det skal innkallas minimum ein søkjar frå kvar av dei underrepresenterte gruppene (her definert som innvandrarbakgrunn eller med nedsett funksjonsevne) til intervju pr. stilling, dersom det finns kvalifiserte søkjarar. Det er pr. i dag uvisst i kor stor grad søkjarane nyttar dette, og etaten ser på korleis ein kan få ein betre oversikt. Arbeids- og velferdsdirektoratet deltek i forsøk med moderat kvotering og rekruttering. Moderat kvotering er nytta ved minst tre tilsettingar i 2012. Endeleg evaluering vil skje i etterkant av forsøksperioden.
I overordna handlingsplan for Arbeids- og velferdsetaten sitt interne IA-arbeid i perioden 2011–2013 er det eit mål å rekruttere og behalde fleire arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og med minoritetsbakgrunn. 5 pst. Av dei nyrekrutterte skal være frå underrepresenterte grupper. For å få oversikt over status og utvikling på dei tilsette med innvandrarbakgrunn har etaten i 2012 kjøpt statistikk frå SSB. Talmaterialet frå SSB er nytta til å analysere tilstanden, fordelinga på ulike einingar og linjer, og det er gjort intervju med nokre einingar som har ein høg del tilsette med innvandrarbakgrunn for å få meir kjennskap til kva som kan verke positivt i høve til auka rekruttering av denne gruppa. Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde til saman 7,4 pst. av alle tilsette i etaten pr. 4. kvartal 2011. Kvinner med innvandrarbakgrunn utgjer 7,8 pst. av dei kvinnelige tilsette, mens menn med innvandrarbakgrunn utgjer 8,7 pst.
Når det gjeld dei med nedsett funksjonsevne, kan det sjå ut til at det er større utfordringar knytt til å rekruttere frå denne gruppa enn for personar med innvandrarbakgrunn. Tala er basert på manuell rapportering og er noko mangelfulle, men viser at tilsettingar av personar med nedsett funksjonsevne utgjer omlag 2,5 pst. av tilsettingane i 2012. Ei utfordring kan vere at det er få søkjarar som vel å opplyse om at dei har redusert funksjonsevne, men her manglar etaten tal for å sjå i kor stor grad søkjarar opplyser om dette. For å få meir kunnskap om tiltak som kan bidra til økt rekruttering frå denne gruppa, deltar Arbeids- og velferdsdirektoratet i statens traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne.
Einingane i etaten stiller òg IA-plasser til disposisjon for personar som treng arbeidstrening, jf. Jobbstrategiens formål.
Trygderetten
Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)
Kjønnsbalanse | Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Total (N) | M | K | ||
Totalt i verksemda | 2012 | 41,0 | 59,0 | 68 | 711 | 533 |
2011 | 42,0 | 58,0 | 69 | 706 | 507 | |
Toppleiarar | 2012 | 100,0 | 0,0 | 1 | 1 071 | |
2011 | 100,0 | 0,0 | 1 | 1 023 | ||
Mellomleiarar | 2012 | 40,0 | 60,0 | 5 | 919 | 841 |
2011 | 40,0 | 60,0 | 5 | 872 | 802 | |
Dommarar | 2012 | 68,0 | 32,0 | 22 | 821 | 821 |
2011 | 72,0 | 28,0 | 25 | 779 | 779 | |
Jur. seniorrådgivarar | 2012 | 50,0 | 50,0 | 4 | 591 | 533 |
2011 | 50,0 | 50,0 | 4 | 575 | 514 | |
Rettsfullmektigar | 2012 | 40,0 | 60,0 | 15 | 427 | 430 |
2011 | 28,5 | 71,5 | 14 | 410 | 421 | |
Saksbehandlarar | 2012 | 22,0 | 78,0 | 9 | 470 | 455 |
2011 | 28,5 | 71,5 | 7 | 454 | 446 | |
Kontorstill. o.a. | 2012 | 0,0 | 100,0 | 12 | 409 | |
2011 | 0,0 | 100,0 | 13 | 388 | ||
Slutta | 2012 | 66,5 | 33,5 | 9 | ||
2011 | 43,0 | 57,0 | 7 | |||
Nyrekruttert | 2012 | 37,5 | 62,5 | 8 | ||
2011 | 44,5 | 55,5 | 9 | |||
Deltidstilsette | 2012 | 37,5 | 62,5 | 8 | ||
2011 | 50,0 | 50,0 | 12 | |||
Mellombels tilsette – leiarar | 2012 | 33,5 | 66,5 | 3 | ||
2011 | 33,5 | 66,5 | 3 | |||
Mellombels tilsette – andre | 2012 | 37,5 | 62,5 | 16 | ||
2011 | 28,5 | 71,5 | 14 | |||
Ev. timeløna | 2012 | 100,0 | 0,0 | 3 | ||
2011 | 100,0 | 0,0 | 2 | |||
Foreldreperm. (fødsels-/omsorgs-/fedreperm. | 2012 | 0,0 | 100,0 | 2 | ||
2011 | 0,0 | 100,0 | 1 | |||
Legemeldt sjukefråvær (%) | 2012 | |||||
2011 |
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn
Trygderetten skil seg frå dei fleste statlege verksemdene ved at dei to største stillingsgruppene, dommarane og rettsfullmektigane, har høvesvis lik lønn og ein lønnsstige med ansiennitet som kriterium for lønnsplassering. For dei andre stillingsgruppene er det heller ikkje avdekka lønnsmessige forskjellar basert på kjønn. Blant saksbehandlarar og kontortilsette er det ein stor kvinneandel. Desse stillingsgruppene har hatt ei jamn lønnsutvikling dei seinare åra. I verksemda si tilpassingsavtale er det nedfelt at «uansett kjønn skal arbeidsoppgåver fordelast slik at alle ansatte får like moglegheiter til å kvalifisere seg for avansement til leiande stillingar». Uavhengig av kjønn er moglegheitene for å delta på kurs/faglege seminar til stades.
Trygderetten er ei IA-verksemd. Sjukefråværet har normalt vore forholdsvis lågt, 6,3 pst. i 2010 og 4,9 pst. i 2011, men var i 2012 høgare enn vanleg, 8,1 pst. Verksemda har som mål å redusere sjukefråværet med eit halvt prosentpoeng samanlikna med 2010 innan utgangen av 2013. Trygderetten har sett aktivitetsmål på sjukefråværsområdet.
Pensjonstrygden for sjømenn
Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)
Kjønnsbalanse | Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Total (N) | M | K | ||
Totalt i verksemda | 2012 | 38,0 | 62,0 | 35,00 | 468 | 457 |
2011 | 39,0 | 61,0 | 36,00 | 453 | 444 | |
Mellomleiarar | 2012 | 50,0 | 50,0 | 4,00 | 647 | 620 |
2011 | 50,0 | 50,0 | 4,00 | 604 | 586 | |
Saksbehandlarar | 2012 | 42,0 | 58,0 | 26,00 | 445 | 468 |
2011 | 42,0 | 58,0 | 26,00 | 428 | 428 | |
Konsulentar/Sekretærar | 2012 | 100,0 | 3,00 | 368 | ||
2011 | 100,0 | 3,00 | 355 | |||
Slutta | 2012 | 100,0 | 2,00 | |||
2011 | 67,0 | 33,0 | 3,00 | |||
Nyrekruttert | 2012 | 100,0 | 1,00 | |||
2011 | 100,0 | 3,00 | ||||
Deltidstilsette | 2012 | 50,0 | 50,0 | 2,00 | ||
2011 | 50,0 | 50,0 | 2,00 | |||
Mellombels tilsette | 2012 | |||||
2011 | 1,0 | 1,00 | ||||
Mogleg timelønna | 2012 | 100,0 | 1,00 | |||
2011 | 100,0 | 1,00 | ||||
Foreldrepermisjon (fødsels-/omsorg-/velferdspermisjon) | 2012 | |||||
2011 | 100,0 | 1,00 | ||||
Legemeldt sjukefråvær (%) | 2012 | 1,6 | 1,00 | |||
2011 | 1,9 | 10,4 | 6,85 |
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn
I Pensjonstrygda for sjømenn er kvinner i fleirtal og utgjer 62 pst. av dei tilsette. Det er ikkje avdekka systematiske eller vesentlige kjønnsbaserte forskjellar i verksemda når det gjelder lønn eller andre forhold. Jamlege analysar av lønnsforholda i verksemda synar at det er svært små forskjellar mellom kvinner si og menn si lønn både totalt sett og i de ulike stillingsgruppene i verksemda. Kvinner er òg godt representerte i forbindelse med opplæringstiltak, i fag- og arbeidsgrupper og nyttar seniorpolitiske tiltak på lik linje med menn. Pensjonstrygda for sjømenn legg i sin personal- og lønnspolitikk vekt på at kvinner og menn skal likebehandlast og ha like moglegheiter for utvikling av kompetanse, karriere og lønn. Ulike tiltak er knytt til stilling og funksjon, ikkje til kjønn.
I 2011 økte sjukefråværet og var betydelig høgare blant kvinner enn blant menn. Sjukefråværet har derfor vore eit innsatsområde i 2012, og det har vore eit forsterka fokus på arbeidet med å redusere og hindre sjukefråvær gjennom tilpassing og tilrettelegging.
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av etnisitet, religion o.a., og nedsett funksjonsevne
Verksemda har låg turnover og liten grad av rekruttering. Gjennomsnittsalderen er 55 år og ein stor del av dei tilsette har lang fartstid i verksemda. Pensjonstrygda for sjømenn legg for tida om til nye IT-system og løysingar for å modernisere og effektivisere drifta. Sjølv om mange av dei tilsette vil gå av med pensjon det neste året, vil det likevel ikkje være naudsynt å rekruttere i same takt som fråfallet. I IA-handlingsplanen er det derfor ikkje sett eit konkret mål for å skaffe tilsette med annen etnisk/religiøs bakgrunn og nedsett funksjonsevne.
Statens pensjonskasse
Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)
Kjønnsbalanse | Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K% | Total (N) | M | K | ||
Totalt i verksemda | 2012 | 42,0 | 58,0 | 398,0 | 551 | 494 |
2011 | 41,0 | 59,0 | 409,0 | 525 | 450 | |
Toppleiarar | 2012 | 50,0 | 50,0 | 8,0 | 1 018 | 968 |
2011 | 50,0 | 50,0 | 8,0 | 968 | 958 | |
Mellomleiarar | 2012 | 58,0 | 42,0 | 36,0 | 722 | 716 |
2011 | 44,0 | 56,0 | 32,0 | 715 | 656 | |
Ev. alternativ karrierevegs stillingar (prosjektleiarar) | 2012 | 34,0 | 66,0 | 3,0 | 734 | 777 |
2011 | 47,0 | 53,0 | 36,0 | 589 | 536 | |
Saksbehandlarar | 2012 | 42,0 | 58,0 | 346,0 | 516 | 461 |
2011 | 40,0 | 60,0 | 332,0 | 489 | 434 | |
Konsulentar/Sekretærar | 2012 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0 | 0 |
2011 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0 | 0 | |
Slutta | 2012 | 50,0 | 50,0 | 42,0 | ||
2011 | 44,0 | 56,0 | 34,0 | |||
Nyrekruttert | 2012 | 52,0 | 48,0 | 42,0 | ||
2011 | 52,0 | 48,0 | 42,0 | |||
Deltidstilsette | 2012 | 20,0 | 80,0 | 26,0 | ||
2011 | 22,0 | 78,0 | 27,0 | |||
Midlertidig tilsette | 2012 | 40,0 | 60,0 | 23,0 | ||
2011 | 34,0 | 66,0 | 61,0 | |||
Ev. timelønna | 2012 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | ||
2011 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |||
Foreldrepermisjon (fødsels-/omsorgs-/fedrepermisjon) | 2012 | 4,0 | 15,0 | 19,0 | ||
2011 | 13,0 | 22,0 | 35,0 | |||
Legemeldt sjukefråvær (%) | 2012 | 4,5 | 4,0 | 4,3 | ||
2011 | 3,8 | 5,1 | 4,6 |
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn
Statens Pensjonskasse har eit balansert samansett personale med 58 pst. kvinner og 42 pst. menn. Verksemda har også ein god balanse mellom kvinner og menn i leiande stillingar.
I lokale lønnsforhandlingar har verksemda dei siste åra hatt føringar som skal bidra til å jamne ut skilnader i lønn mellom kjønna. Dette ser verksemda har ført gjennomsnittlønna til kvinner og menn nærare kvarandre det siste året. Statens pensjonskasse analyserer lønnsforholda jamleg. Desse viser at innanfor kvar stillingskode er menn og kvinner relativt likt lønna. Men når verksemda i tabellen set saman større grupper, til dømes saksbehandlarar som kan vere både rådgjevarar, seniorrådgjevarar, førstekonsulentar og seniorkonsulentar, så vil tabellen vise at menn jamt over tener meir enn kvinner.
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av etnisitet, religion o.a., og nedsett funksjonsevne
Statens Pensjonskasse har vore ei IA-verksemd sidan 2002. Verksemda skal halde fram med eksisterande praksis for tilrettelegging av arbeidsplassar, og ta imot personar som har behov for utprøving av arbeids- og funksjonsevne i det ordinære arbeidsliv. Statens Pensjonskasse skal tilby minst sju praksisplassar/tiltaksplassar for personar som har behov for arbeidstrening. I 2012 hadde verksemda 16 personar med nedsett funksjonsevne på praksisplass. I 2012 hadde verksemda 51 tilsette med innvandrarbakgrunn. Dette er 16 fleir enn i 2011.
Arbeidstilsynet
Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)
Kjønnsbalanse | Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Total (N) | M | K | ||
Totalt i verksemda | 2012 | 41,0 | 59,0 | 593,0 | 523 | 488 |
2011 | 42,0 | 58,0 | 579,0 | 505 | 470 | |
Toppleiarar | 2012 | 58,0 | 42,0 | 12,0 | 932 | 877 |
2011 | 50,0 | 50,0 | 12,0 | 834 | 850 | |
Mellomleiarar | 2012 | 60,0 | 40,0 | 35,0 | 643 | 615 |
2011 | 62,0 | 38,0 | 34,0 | 622 | 610 | |
Alternativ karriereveg: | ||||||
Avdelingsdirektørar pt ikkje i denne funksjonen | 2012 | 100,0 | 2,0 | |||
2011 | 100,0 | 2,0 | ||||
Prosjektleiarar | 2012 | 100,0 | 1,0 | |||
2011 | ||||||
Seniorrådgivarar | 2012 | 41,0 | 59,0 | 81,0 | 533 | 533 |
2011 | 44,0 | 56,0 | 80,0 | 525 | 515 | |
Rådgivarar | 2012 | 40,0 | 60,0 | 83,0 | 476 | 480 |
2011 | 42,0 | 58,0 | 77,0 | 466 | 466 | |
Overlegar | 2012 | 50,0 | 50,0 | 6,0 | 619 | 666 |
2011 | 60,0 | 40,0 | 5,0 | |||
Inspektørar | 2012 | 32,0 | 68,0 | 38,0 | 462 | 464 |
2011 | 30,0 | 70,0 | 23,0 | 449 | 445 | |
Seniorinspektørar | 2012 | 46,0 | 54,0 | 182,0 | 487 | 476 |
2011 | 46,0 | 54,0 | 190,0 | 473 | 463 | |
Sjefsingeniørar/senioringeniørar | 2012 | 56,0 | 44,0 | 36,0 | 543 | 550 |
2011 | 58,0 | 42,0 | 36,0 | 504 | 540 | |
Overingeniørar/avdelingsingeniørar | 2012 | 58,0 | 42,0 | 31,0 | 494 | 490 |
2011 | 56,0 | 44,0 | 32,0 | 476 | 470 | |
Saksbehandlarar | 2012 | 11,0 | 89,0 | 81,0 | 408 | 406 |
2011 | 12,0 | 88,0 | 84,0 | 389 | 386 | |
Reinhandlarar | 2012 | 100,0 | 4,0 | |||
2011 | 100,0 | 4,0 | ||||
Slutta | 2012 | 47,0 | 53,0 | 47,0 | ||
2011 | 55,0 | 45,0 | 33,0 | |||
Nyrekrutterte | 2012 | 35,0 | 65,0 | 71,0 | ||
2011 | 49,0 | 51,0 | 55,0 | |||
Deltidstilsette | 2012 | 16,0 | 84,0 | 67,0 | ||
2011 | 20,0 | 80,0 | 60, | |||
Midlertidig tilsette | 2012 | 23,0 | 77,0 | 13,0 | ||
2011 | 39,0 | 61,0 | 18,0 | |||
Ev. timelønna | 2012 | 100,0 | 3,0 | |||
2011 | 50,0 | 50,0 | 2,0 | |||
Foreldrepermisjon (fødsels-/omsorg-/fedrepermisjon) | 2012 | 18,0 | 82,0 | 22,0 | ||
2011 | 14,0 | 86,0 | 21,0 | |||
Legemeldt sjukefråvær (%) | 2012 | 3,4 | 4,2 | 3,9 | ||
2011 | 3,3 | 6,0 | 4,8 |
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn
Arbeidstilsynet har fokus på å betre kjønnbalansen, og har jobba mykje for å rekruttere fleire kvinner i leiarstillingar. For toppleiarane våre, 12 personar totalt, var kjønnsbalansen heilt jamn i 2011. I 2012 er han endra til 58 pst. menn og 42 pst. kvinner. Årsaka til endringa her er at ein kvinneleg regiondirektør slutta og vart erstatta av ein mannleg. Når det totale talet er så lite, gjer ei lita endring stort utslag. For mellomleiarane har utviklinga gått eit lite steg i riktig retning samanlikna med 2011. I 2012 var 60 pst. av mellomleiarane menn medan 40 pst. var kvinner. Når Arbeidstilsynet rekrutterer mellomleiarar, oppmodar verksemda kvinner til å søkje.
Arbeidstilsynet har ein god lønnsbalanse mellom kvinner og menn i samanliknbare stillingar. Verksemda tar regelmessig ut statistikk for å følgje utviklinga i kvar enkelt eining i etaten. Lønnspolitisk dokument blei revidert i mai 2012, i samarbeid med primærorganisasjonane i etaten. I dokumentet er det slått fast at fråvær grunna omsorgsoppgåver ikkje skal ha innverknad på mogelegheita for ei positiv lønnsutvikling. I dei lokale lønnsforhandlingane har likelønn mellom kjønn høg prioritet. I kompetansestrategien til Arbeidstilsynet går det fram at verksemda skal arbeide på ein systematisk måte for å dekkje dei kompetansebehova etaten har. Verksemda har ikkje eigne kurs eller aktivitetar retta mot særskilde grupper ut frå eit likestillingsperspektiv. Avgrensinga er berre ut frå kva type oppgåver deltakarane har.
Arbeidstilsynet er ei IA-verksemd, og sjukefråværet følgjast tett opp gjennom jamleg uttak av statistikkar som blir behandla i Arbeidsmiljøutvalet.
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av etnisitet, religion o.a, og nedsett funksjonsevne
Av dei totalt 71 nye tilsette i 2012 har to av dei ikkje-vestleg bakgrunn. Totalt i heile etaten hadde verksemda 13 medarbeidarar med ikkje-vestleg bakgrunn i 2012. Direktoratet for Arbeidstilsynet deltar òg i den statlege satsinga om moderat kvotering av personar med ikkje-vestleg bakgrunn.
Når Arbeidstilsynet kunngjer ledige stillingar, oppmodar verksemda alltid personar med nedsett funksjonsevne til å søkje. Erfaring viser at det ikkje er mange som oppgir eller gir til kjenne at dei har ei funksjonsnedsetting. Sidan 2008 har Direktoratet for arbeidstilsynet deltatt i Direktorata sitt traineeprogram. Verksemda har hatt to traineear i Direktoratet sidan 2008. Verksemda er no inne i sin tredje traineeperiode, og tilsette i april ein jurist.
Frå og med 1. januar 2013 er Arbeidstilsynet peika ut til å vere ein føregangsetat for rekruttering av personar under 30 år med nedsett funksjonsevne. Dette er ei ordning som gjeld for heile etaten, og ikkje berre for direktoratet. Det går fram av kunngjeringa for alle stillingar at etaten er med i ordninga, og søkjarar kan klikke på ei lenke for å få meir informasjon. Verksemda kunngjer òg stillingar på jobbportalen «Jobbressurs«. Erfaringar så langt viser at det ikkje er så lett å finne kvalifiserte kandidatar innanfor dei definerte rammene.
Petroleumstilsynet
Tabell for tilstandsrapportering (kjønn)
Kjønnsbalanse | Lønn (Gjennomsnitt pr. år i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Total (N) | M | K | ||
Totalt i verksemda | 2012 | 53,0 | 47,0 | 163,0 | 859 | 667 |
2011 | 54,0 | 46,0 | 166,0 | 783 | 618 | |
Toppleiarar | 2012 | 50,0 | 50,0 | 6,0 | 1 226 | 1 137 |
2011 | 40,0 | 60,0 | 5,0 | 1 105 | 1 057 | |
Mellomleiarar | 2012 | 67,0 | 33,0 | 15,0 | 1 044 | 969 |
2011 | 53,0 | 47,0 | 15,0 | 972 | 928 | |
Ev. alternativ karrierevegs stillingar | 2012 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | ||
2011 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |||
Saksbehandlarar | 2012 | 55,0 | 45,0 | 132,0 | 829 | 655 |
2011 | 58,0 | 42,0 | 135,0 | 763 | 599 | |
Konsulentar/ Sekretærar | 2012 | 20,0 | 80,0 | 10,0 | 471 | 393 |
2011 | 18,0 | 82,0 | 11,0 | 441 | 346 | |
Slutta | 2012 | 47,0 | 53,0 | 19,0 | ||
2011 | 57,0 | 43,0 | 7,0 | |||
Nyrekruttert | 2012 | 29,0 | 71,0 | 14,0 | ||
2011 | 50,0 | 50,0 | 8,0 | |||
Deltidstilsette | 2012 | 47,0 | 53,0 | 15,0 | ||
2011 | 53,0 | 47,0 | 15,0 | |||
Midlertidig tilsette | 2012 | 0,0 | 100,0 | 6,0 | ||
2011 | 0,0 | 100,0 | 5,0 | |||
Ev. timelønna | 2011 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | ||
2010 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |||
Foreldrepermisjon (fødsels-/omsorg-/ fedrepermisjon) | 2012 | 50,0 | 50,0 | 2,0 | ||
2011 | 67,0 | 33,0 | 7,0 | |||
Legemeldt sjukefråvær (%) | 2012 | 2,7 | 2,7 | 2,7 | ||
2011 | 2,2 | 4,9 | 3,5 |
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av kjønn
Ifølgje Petroleumstilsynet sin personalpolitikk skal verksemda fremme likestilling mellom kjønna. Arbeidet for likestilling skal vere ein integrert del av verksemda. I verksemda si avtale om tilpassing med organisasjonane vert likestilling òg fokusert på i samsvar med punkta i avtalen. I vurderinga av behov for nye medarbeidarar inngår ei analyse av samansetting av kjønn og alder. Ifølgje ei intern undersøking om arbeidstilhøva og arbeidsmiljøet i etaten som ble gjennomført i januar 2012, blei det konkludert med at kjønn har lite å seie for opplevinga av arbeidstilhøva og arbeidsmiljøet i verksemda.
Petroleumstilsynet rekrutterer i stor grad ingeniørar, og det er stor konkurranse om denne type arbeidskraft i petroleumsnæringa. Det er i stor grad etterspurnaden etter kompetanse og kapasitet som styrer lønnsnivået i petroleumsnæringa. Innanfor ingeniørfaga gjer marknaden at det primære for fastsetting av lønn ved tilsetting blir kvalifikasjonane søkjaren har. Seinare i lønnsutviklinga bidrar sentrale og lokale føringar for dei lokale forhandlingane til å betre den kvinnelege lønnsprofilen samanlikna med den mannlege. I møte før dei lokale forhandlingane om lønn, ber verksemda leiarar med personalansvar og organisasjonane vurdere om nokre av skilnadene i lønn mellom kvinner og menn kan skyldast kjønn. Når det gjeld skilnadene i lønn for kvinner og menn m.o.t. «totalt i verksemda» og «saksbehandlarar» i tabellen for tilstandsrapportering (kjønn), så gjer Petroleumstilsynet merksam på at verksemda er delt inn i ei fagavdeling med fleire fagområde og ei administrativ avdeling. Skilnadene i lønn mellom dei to grupperingane kjem av at kompetansekrava og etterspurnaden etter nye medarbeidarar i snitt er vesentleg høgare når det gjeld medarbeidarar i fagavdelinga enn i administrativ samanhang. Fleirtalet av medarbeidarar i den administrative avdelinga er kvinner. Petroleumstilsynet gjer også merksam på at mannlege medarbeidarar i snitt for etaten har høgare alder og lengre røynsle frå arbeidslivet. Skilnadene i lønn mellom kvinner og menn m.o.t. toppleiarar og mellomleiarar er relativt liten. Skilnaden som går fram av tabellen skuldast at ein del av dei kvinnelege leiarane er fleire år yngre en dei mannlege leiarane og har mindre røynsle som leiarar. Einskilde ansatte har òg spisskompetanse innan sitt fagområde som er høgt etterspurd i næringa.
Iverksette og planlagde likestillingstiltak på grunnlag av etnisitet, religion o.a, og nedsett funksjonsevne
Verksemda si strategi for rekruttering er å vere inkluderande med omsyn til søkjarar med annan etnisk bakgrunn enn norsk og søkjarar med nedsett funksjonsevne. Alle kvalifiserte søkjarar med annan etnisk bakgrunn enn norsk vert kalla inn til intervju. Det er ikkje gjort nokon tilsetting av medarbeidarar med slik bakgrunn i 2012. Det er ei målsetting å tilby minst ein praksisplass pr. år. Denne praksisplassen ønskjer verksemda primært å tilby personar med annan etnisk bakgrunn enn norsk.
For medarbeidarar som skal arbeide på innretningar offshore og på petroleumsanlegg på land, er det krav om helseattest og tryggleikskurs. I slike stillingar er det derfor vanskeleg å tilsette søkjarar med nedsett funksjonsevne. I administrative stillingar kan verksemda leggje til rette for søkjarar med nedsett funksjonsevne. Lokala er renovert og utbygt til universell utforming. Det var ingen søkjarar med redusert funksjonsevne til dei utlyste stillingane i 2012.
9 Miljøprofil – sektorovergripande tiltak
Arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet – miljøprofil
Innleiing
Arbeidsmiljø- og sikkerheitsmyndigheitene sin innsats har ein positiv og førebyggande effekt på det ytre miljøet. Vern av arbeidstakarar mot eksponering for helsefarlege kjemikaliar, som er eit av fokusområda for arbeidsmiljømyndigheitene, er med på å gje større kunnskap om og medvit knytt til bruk, oppbevaring og destruksjon av kjemikaliar. Substitusjonsprinsippet fører til at helsefarlege kjemikaliar blir bytta ut med mindre farlege produkt. Fokuset på støy som ein helseskadeleg faktor i arbeidslivet, gjer til at det generelle støynivået i og omkring verksemder blir redusert, samtidig som det blir utvikla teknologi og materiale som vil føre til ein generell støyreduksjon. Generelt vil arbeidsmiljømyndigheitene sitt arbeid med å utvikle ein robust sikkerheitskultur, der det blir lagt vekt på ei systematisk oppfølging av helse, miljø og sikkerheit, føre til at verksemder blir betre rusta til å ivareta miljøutfordringane sine. Forskings- og utviklingsarbeid i arbeidslivet, anten det gjeld kjemikaliar, støy eller andre områder, vil kunne ha overføringsverdi til anna miljøarbeid.
Det vil likevel i einskilde tilfelle kunne oppstå motstridande interesser i forholdet mellom det å ville beskytte arbeidstakarane og det ytre miljøet. Særleg har ein sett dette i einskilde samanhengar der målretta miljøtiltak har ført til ein auka risiko for eksponering av arbeidstakarar. På same måte kan tiltak for vern av arbeidstakarar føre til auka utslepp til miljøet. Kjennskap til at det føreligg slike mogelegheiter for motstridande interesser gjer at ei effektiv forvaltning krev ei god koordinering, der data både om helse og miljø blir innarbeidde i risikovurderingar og tiltak.
Petroleumstilsynet har gjennom si rolle som myndigheit for sikkerheit i petroleumsverksemda ein funksjon som mellom anna rettar seg direkte mot ivaretaking av det ytre miljøet. Petroleumstilsynet stiller gjennom sitt regelverk krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønska hendingar som kan føre til akutt forureining. Macondo- og Montaraulykkene har tydeleg vist dei konsekvensane ei storulykke kan ha, også for det ytre miljøet, og dermed kor viktig det er å førebygge ulykker. Petroleumstilsynet bidreg i denne samanhengen både i forvaltningsplanarbeidet, i tilsyn retta mot oljeselskapa, og med å bringe fram ein oppdatert oversikt over risiko for akutte utslepp i petroleumsverksemda på norsk sokkel, som kan leggast til grunn for nødvendige betringstiltak. Petroleumstilsynet legg og vekt på samarbeid med andre land, og arbeider for at det blir lagt meir vekt på FoU og teknologiutvikling retta mot å hindre eller stanse akutte oljeutslepp til sjø.
Miljøutfordringar i petroleumsverksemda
Omtalen av miljøutfordringane er avgrensa til:
Førebygging av forureining ved å hindre akutte utslepp til sjø og luft, og å redusere regulære utslepp til sjø og luft
Kjemping mot utslepp ved kjelda
Petroleumsverksemda er strengt regulert både når det gjeld ressursutnytting og helse, miljø og sikkerheit. Rammene for petroleumsverksemda blir sette både gjennom lovar og forskrifter og gjennom forvaltningsplanane for havområda.
Aktørbildet på norsk sokkel, med mellom anna mange små aktørar som ofte har avgrensa kapasitet, kunnskap og erfaring med å drive verksemd i samsvar med norsk regelverk, og i tillegg Statoil som ein dominerande aktør, utfordrar strategiane for å følgje opp verksemdene. Samstundes er petroleumsverksemda i ferd med å flytte seg inn i meir miljøsårbare områder der det må leggast enda sterkare vekt på å prioritere førebyggande miljøsikkerheit.
Dei tillatne, regulære utsleppa frå prosessar i olje-/gassindustrien omfattar kategoriar som olje, produsert vatn, kjemikaliar, samt andre organiske forbindelsar. Utslepp til luft; CO2, NOx, nmVOC, CH4 og SO2, skjer i forbindelse med energiproduksjon, fakling og brønntesting osv.
Uførutsette hendingar som skuldast utforming eller drift/operasjon kan medføre akutte/utilsikta utslepp i dei same kategoriane. Av akutte utslepp er det dei store utsleppa av olje og gass knytte til ei ukontrollert utblåsing, brot på røyrleidningar eller ved kollisjon med tankfartøy som held i seg størst fare for miljøet.
Risiko for akutte utslepp
Petroleumstilsynet overvakar utviklinga av mellom anna risiko for ulykker som kan føre til akutte utslepp til sjø, inkludert storulykkesrisiko. Hensikten med dette arbeidet er å fange opp negative trendar tidleg nok til å handle proaktivt og målretta for å unngå storulykker i norsk petroleumsverksemd. Ein årleg rapport om denne risikoutviklinga, Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP), tek utgangspunkt i eit omfattande datamateriale og dekker både hendingar, tilløp til hendingar, årsaker og barrierar. Status og trendar for akutte utslepp av råolje, andre oljer og kjemikaliar er henta frå RNNP 2013.
Råolje
I 2001–2010 har det vore ein tydeleg reduksjon i talet på akutte råoljeutslepp til sjø for norsk sokkel. Reduksjon i talet på akutte oljeutslepp har vore markert i perioden 2001–2004, medan nivået har flata ut i perioden 2004–2012. Talet på utslepp i 2012 er det lågaste som er registrert i heile perioden. Hovuddelen av desse utsleppa er plassert i den minste mengdekategorien, 0-10 tonn. Dei to siste åra har alle utslepp vore i den minste mengdekategorien.
Andre oljer (spillolje, diesel, fyringsolje 1-3 og andre oljer)
Mengda utslepp av andre oljer på norsk sokkel har vore svært varierande i perioden 2001–2012, med toppar i 2004 og 2007. Mengda av utslepp dei siste åra har vore på eit stabilt nivå.
Kjemikaliar
Talet på akutte utslepp av kjemikaliar har vore varierande gjennom perioden. Det er ikkje mogeleg å identifisere ein klar trend for talet på utslepp av kjemikaliar for heile den norske sokkelen.
Mengda utslepp av kjemikaliar i 2012 er omlag dobla frå 2011, men er likevel tilnærma lik normalverdien om ein ser bort frå dei høge utsleppsmengdene i 2003 og 2004. Årsaka til dei høge verdiane i 2003 og 2004 var at det i desse åra fann stad ein del store utslepp i Nordsjøen av kjemikaliar i den øvste mengdekategorien (> 1 m3).
Regulære utslepp
Bruk av kjemikaliar er naudsynt for å sikre forsvarleg verksemd i petroleumsektoren, men representerer samstundes ei utfordring både med omsyn til det ytre miljøet, og til helse og arbeidsmiljø. Etter at målet om null utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø kom i 1997, er utsleppa av kjemikaliar i svart kategori redusert frå 228 tonn til 0,6 tonn i 2011. Utslepp av kjemikaliar i raud kategori er redusert frå 3933 tonn til 8 tonn i same periode. Meir enn 99 pst. av alle miljøfarlege kjemikaliar er fjerna dei siste 15 åra. Utanom desse kjemikaliane er det framleis ei stor mengd ulike kjemikaliar i bruk i petroleumsverksemda.
Mogelege motstridande interesser når det gjeld sikkerheit og skjerming av arbeidstakarar og ytre miljø, gjer at det er naudsynt med ei god koordinering der aspekt knytte til både helse, sikkerheit og miljø blir integrerte i risikovurderingar og tiltak. Nye teknologiar for å reinse produsert vatn har ført til, og vil føre til, ytterlegare reduksjon av oljeutslepp i samband med produsert vatn. Gjennomsnittleg konsentrasjon i 2012 var omlag 11 milligram pr. liter. Dette er på same nivå som i 2009. Totalt blei om lag 1500 tonn olje sleppt til sjø med produsert vatn i 2012. Driftsstans ved eit slikt anlegg vil føre med seg auka risiko for akutte utslepp av ureinsa, produsert vatn.
Mål for arbeidet med desse utfordringane
Styresmaktene på arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet skal medverke til å førebygge forureining til sjø og til luft frå petroleumsverksemda ved å bygge opp om dei nasjonale miljømåla og klimapolitikken. Petroleumstilsynet skal ut frå gjeldande regelverk føre tilsyn med verksemdene.
Rapport om oppnådde resultat i 2012
For å syte for eit solid kunnskapsgrunnlag for arbeidet med førebygging av ulykker som kan føre til utslepp til det ytre miljøet har Petroleumstilsynet gjennomført eit prosjekt for å utnytte eksisterande data i RNNP og OLF sin Environmental Web-database. Målet har vore å utvikle risikoindikatorar som kan nyttast for å overvake utviklinga av risiko for uønskte hendingar i petroleumsverksemda til havs som kan føre til akutt ureining til sjø. Den første rapporten blei gitt ut i november 2010, og sidan har det komme årlege publiseringar. Data frå rapporten for 2012 viser mellom anna at:
talet på akutte råoljeutslepp til sjø på norsk sokkel sedd under eitt blei meir enn halvert i perioden 2001–2004 (frå 85 til 40), medan nivået har vore nokolunde konstant i perioden 2004–20121 (talet på råoljeutslepp i 2012 var 22).
det er ikkje nokon klar trend når det gjeld storleiken på akutte råoljeutslepp som har skjedd i perioden 2001–2012 for norsk sokkel sett under eitt, men dei fleste utsleppa er på mindre enn eitt tonn. Det siste større utsleppet vi har hatt på norsk sokkel var eit utslepp på ca. 3700 tonn i 2007. I 2012 var det berre hendingar med utslepp i den minste mengdekategorien, 0-10 tonn. Dette er ikkje medrekna lekkasjar frå injeksjonsbrønnar.
talet på hendingar med prosesslekkasjar som potensielt kunne ha ført til akutte utslepp på norsk sokkel har hatt ein fallande tendens i heile perioden (2001–2012), og talet på hendingar pr. innretningsår i 2012 er det lågaste i perioden.
talet på hendingar med potensial for å gi utslepp av olje til sjø har ein minkande trend, og er på sitt lågaste i 2012. Hovuddelen av desse hendingane, 41 pst., er konstruksjonshendingar. Prosesshendingar står for 36 pst., medan brønnkontrollhendingar er relaterte til 23 pst. av alle hendingane.
Aktuelle tiltak på kort og lang sikt for å løyse og førebygge miljøproblem og korleis føreslåtte tiltak i 2013 vil kunne bidrage til dette
Dei mest sentrale tiltaka i Petroleumstilsynet sitt arbeid for å løyse og førebygge miljøproblem er:
Vidareutvikling og forvaltning av HMS-regelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren bygger opp om dei nasjonale og regionale miljømåla og klimapolitikken.
Ha oversikt over, og følge opp, at prosessane rundt avgjerder i petroleumsnæringa integrerer omsynet til energileiing, sikkerheit og styring, og styrke bruken av beste tilgjengelege teknologi og beste operasjonspraksis.
Vidareutvikle og bruke resultata frå miljødelen av RNNP i regelverksarbeid og tilsyn.
Utblåsingssikring (BOP): OGP og IADC har på oppdrag frå IRF starta arbeidet med å følge opp BOP pålitelegheit, integritet og sårbarheit. Petroleumstilsynet avventar resultata frå studiane som skal gje grunnlag for eit referansenivå (benchmark) og tiltak som blir sett i verk basert på dette.
Innkapsling og oppsamling (capping and containment): Næringa arbeider med å utvikle effektive løysingar for raskast mogeleg å kunne stoppe og/eller avleie brønnstrømmen i tilfelle ei utblåsing skjer under vatn.
Oppdatering av standardar: Det er identifisert behov og utarbeida ein plan for revisjon av ei rad NORSOK standardar som krev engasjement, kompetanse og kapital frå næringa.
Aktivt samarbeid med andre etatar i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege planar for forvaltning for Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen.
10 Samfunnstryggleik- og beredskap
Generelt
Arbeidsdepartementet sitt arbeid med samfunnstryggleik- og beredskap tek utgangspunkt i dei krava, oppgåvene og prioriteringane som er gitt i Meld. St. 29 (2011–2012) Samfunnstryggleik, og instruks for departementa sitt arbeid med samfunnstryggleik, jf. kongeleg resolusjon av 15. juni 2012. Arbeidsdepartementet har eit overordna beredskapsansvar for:
Arbeids- og velferdsområdet
Arbeids- og velferdsforvaltningen har ansvar for å tilby arbeidsmarknadstenester, tenester etter lov om sosiale tenester og utbetaling av ytingar, også etter at ei krise eller katastrofe har funne stad i tider med fred eller krig. Det same ansvaret har Statens pensjonskasse når det gjelder å tilby trygdetenester samt pensjonsutbetalingar til tidlegare statlige tilsette. For å dempe skadverknader skal etatane arbeide for å førebyggje at kriser finn stad og ha gode beredskapsplanar dersom ei krise har oppstått.
Ein av dei mest relevante sikkerheitsrisikoane med stort skadepotensial på arbeids- og velferdsområdet er knytt til ulike senario om samanbrot i verksemdene sine IKT-system. Det må vere ein høg grad av tryggleik for å sikre utbetaling av naudsynte ytingar. Eit vilkår for dette er mellom anna at leverandørar av varer og tenester held avtaler om leveransar og at det er gjort avtaler med sekundære tenesteytarar eller satt i verk andre tiltak for å redusere sårbarheit.
Arbeidsmiljø- og sikkerheit
Petroleumsverksemda er underlagt strenge krav for å sikre eit høgt nivå for helse, miljø og sikkerheit (HSM), samt førebygging av storulykker. Det er Arbeidsdepartementet/ Petroleumstilsynet som har myndigheitsansvar for regelverk og tilsyn med tryggleik, beredskap og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda, inkludert for landbaserte petroleumsanlegg med tilknytte røyrleidningssystem. Myndigheitsansvaret gjeld alle fasar av verksemda, som ved planlegging, prosjektering, bygging, bruk og ved eventuell seinare fjerning.
Petroleumstilsynet sitt tilsyn og samarbeid med andre myndigheiter på helse, miljø og sikkerheitsområdet (HMS) skal sikre at verksemdene har tilfredsstillande beredskap ved fare- og ulykkessituasjonar samt ved bevisste anslag. Lovgivinga på området tek utgangspunkt i å førebyggje ulykker, skader samt bevisste anslag. Det er eit særskilt fokus på å hindre storulykker.
Ved ei HMS-hending på sokkelen er operatør ansvarleg for å setje i verk naudsynte tiltak og rapportere til Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet har etablert ei beredskapsvaktordning som kan varsle vidare til andre involverte myndigheiter og sikre effektiv oppfølging av eige ansvarsområde ved krisesituasjonar. Dette omfattar formidling av informasjon til Arbeidsdepartementet.
Arbeidsdepartementet har òg ansvar for arbeidsmiljø og sikkerheit i landbasert arbeidsliv, men her er ansvaret for storulykker plassert hos Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
For nærare omtale av arbeidsmiljø og sikkerheit i petroleumsverksemda, sjå resultatområde 4 Arbeidsmiljø og sikkerheit, samt programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og sikkerheit, kap. 642 Petroleumstilsynet og kap. 640 Arbeidstilsynet.
Fokusområder
Departementet sitt overordna mål er å førebyggje uønska hendingar i vår sektor, samt å styrke evne og kapasitet til å handsame og minske følgjene dersom ei uønska hending likevel oppstår. Arbeidsdepartementet har òg ansvar for å understøtte andre departement i kriser som involverer fleire sektorar. Vi har er eit særskilt fokus på:
systematisk arbeid med å sikre best mulig oversikt over risiko, truslar, sårbarheitar og potensielle krisescenario i sektoren
å vere forberedt på å handsame departementet sitt ansvar i krisehendingar
å sikre gode system for læring og overføring av erfaringar med førebyggjande beredskap og handsaming av kriser.
Tryggleiks- og beredskapsarbeidet skal være basert på ei oversikt over risiko og sårbarheitar (ROS) i sektoren. Arbeid med systematisk risikotenking er godt utvikla i petroleumsverksemda. Det arbeidast kontinuerlig med å skipe gode arenaer for å overføre erfaringar med risikotenking og ROS-analyser frå petroleumsområdet til andre delar av departementet sitt sektoransvar. I samarbeid med underliggjande verksemder, vert det arbeidd med ein overordna ROS-analyse for sektoren, som byggjer vidare på og utfyller tidligare arbeider. Risikobilete som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har presentert i «Nasjonalt risikobilete for 2013»» ligg òg til grunn for dette arbeidet.
Arbeidsdepartementet sitt planverk for krisehandsaming dekker dei ulike typane kriser som departementet kan bli involvert i. Dei siste åra har departementet delteke i ei til to årlige samhandlingsøvingar for å øve både departementets krisehandsaming og kontakten med andre departement, underliggjande verksemder og regjeringas krisestøtteeining. Det er eit mål å halde fram og vidareutvikle eit godt samarbeid med underliggande etatar om øving og opplæring, samt gjennomføre minst ei årlig intern øving. Erfaringar frå øvingar og andre reelle hendingar blir lagde til grunn for forbetringar i planverket. Planverket har vore revidert jamleg, sist i august 2013. Departementet har i 2013 òg oppdatert planane for krisehandsaming ved tryggingspolitiske kriser og krig (knytta til Sivilt beredskapssystem, SBS).
Underliggjande etatar og verksemder har eit sjølvstendig ansvar for at omsynet til samfunnstryggleik- og beredskap er ein integrert del av arbeidet i eigen sektor og organisasjon. Oppgåver og tiltak på dette området vert prioritert innan verksemdene sine ordinære budsjett. Departementet stiller krav om samfunnstryggleik i tildelingsbreva og det vert halde informasjonsmøtar med etatane om temaet. På grunnlag av Justisdepartementet si satsing på å samordne mål- og resultatstyringa av det breie samfunnstryggleiksarbeid, vil Arbeidsdepartementet vurdere måtar for å vidare utvikle denne styringsdialogen.
11 Grunnbeløp, særtillegg og stønader
Grunnbeløpet er ein faktor som vert nytta til å fastsetje og berekne retten til og storleiken på mange ytingar etter folketrygdlova. Grunnbeløpet vert mellom anna nytta til å fastsetje opptening av alderspensjon, til opptening og berekning av pensjonsytingane frå folketrygda, til fastsetjing av inntektsgrenser for inntektsprøvde ytingar og til fastsetjing av det maksimale sjukepengegrunnlaget ein kan nytte ved berekning av sjukepengar. Grunnbeløpet vert regulert kvart år frå 1. mai. Frå 1. mai 2013 auka grunnbeløpet frå 82 122 kroner til 85 245 kroner. Dette er ein auke på 3,8 pst. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 3,76 pst. frå 2012 til 2013.
Grunnbeløpet vert fastsett på grunnlag av venta lønnsauke i inneverande år, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke dei siste to åra. I tråd med anslaget til Regjeringa som går fram av Revidert nasjonalbudsjett for 2013 vart det lagt til grunn ein lønnsauke på 3,5 pst. I trygdeoppgjeret for 2012 vart det lagt til grunn ein venta lønnsauke på 3,75 pst. Faktisk lønnsauke for 2012 vart i rapporten frå Det tekniske beregningsutvalget for inntektsoppgjørene anslått til 4,0 pst. Det er eit avvik på 0,25 prosentpoeng for 2012. I trygdeoppgjeret for 2012 vart det lagt til grunn ein faktisk lønnsauke på 4,2 pst for 2011. Faktisk lønnsauke for 2011 er i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet berekna til 4,2 pst. Det er såleis ikkje avvik for 2011.
Den ordinære satsen for særtillegget er 100 pst. av grunnbeløpet. Frå 2011 er særtillegget til alderspensjonen erstatta av eit pensjonstillegg, sjå under.
a. Grunnbeløpet
Følgjande pensjonsytingar vert fastsette i høve til grunnbeløpet:
Stønadsform | Utgjør i pst. av grunnbeløpet | |
---|---|---|
1. | Full grunnpensjon til einsleg pensjonist, og til pensjonist med ektemake som ikkje har rett til pensjon | 100 |
2. | Full grunnpensjon til pensjonist med ektemake/sambuar som og har rett til pensjon, eller som forsørgjer seg sjølv1 | 85 |
3. | Tillegg for ektemake til pensjonist med full grunnpensjon før inntektsprøving | 50 |
4. | Barnetillegg for kvart barn før inntektsprøving | 40 |
5. | Barnepensjon | |
a) for 1. barn når ein av foreldra er død | 40 | |
b) for kvart av dei andre barna når ein av foreldra er død | 25 | |
c) for 1. barn når begge foreldra er døde: Samme beløp som etterlattepensjon til den av foreldra som ville ha fått størst slik pensjon | ||
d) for 2. barn når begge foreldra er døde | 40 | |
e) for kvart av dei andre barna når begge foreldra er døde | 25 | |
6. | Full overgangsstønad til etterlatt, ugift, skilt eller separert forsørgjar | 200 |
7. | Særtillegg til ytingar i folketrygda | |
a) for einsleg pensjonist, pensjonist som forsørgjer ektemake under 60 år (ordinær sats) | 100 | |
b) for ektepar der begge har minstepensjon (100 pst. for kvar), og for pensjonist som forsørgjer ektemake over 60 år | 200 | |
c) for pensjonist som har ektemake med tilleggspensjon som er høgare enn særtillegget etter ordinær sats | 74 |
1 Ektefelle/sambuar som har årlig inntekt to ganger større enn grunnbeløpet vert rekna som sjølvforsørgjande.
Frå 1. januar 2011 vart det innført fleksibelt uttak, levealdersjustering og ny regulering av alderspensjon. Nivået på alderspensjonen avheng difor av når pensjonen vert tatt ut. For alderspensjonistar tilsvarer fullt tillegg for ektemake og barnetillegg 25 pst. og 20 pst. av minste pensjonsnivå med høg sats, kr 167 963 frå 1. mai 2013.
b. Særtillegget
Særtillegg vert gitt til personar som får:
uførepensjon etter kapittel 12,
overgangsstønad og pensjon til attlevande ektefelle etter kapittel 17,
overgangsstønad eller pensjon til tidlegare familiepleiar etter kapittel 16 og
pensjon til foreldrelaust barn etter kapittel 18
Særtillegget er først og fremst meint for dei som pga. alder eller av andre årsaker ikkje har tent opp tilleggspensjon. Særtillegget vert redusert eller fell bort i den utstrekning det vert gitt tilleggspensjon . Frå 2011 vart særtillegget for nye alderspensjonistar erstatta av eit pensjonstillegg.
c. Pensjonstillegget
Pensjonstillegget vert gitt til personar som får:
alderspensjon etter kapittel 19
Pensjonstillegget vert fastsett med eit kronebeløp, medan særtillegget vert fastsett i pst. av grunnbeløpet. Dette er ei teknisk omlegging som ikkje har innverknad på storleiken på alderspensjonen. Pensjonstillegget vert utbetala dersom summen av grunnpensjonen og tilleggspensjonen er lågare enn minste pensjonsnivå etter § 19-8. Minste pensjonsnivå vert fastsett etter ulike satsar. Satsane avheng av sivilstatus og storleiken på ektemakens inntekt og pensjon.
Andre stønader som vert fastsette av Stortinget1:
Type stønad | 2013 | 2014 | |
---|---|---|---|
1a. | Grunnstønad for ekstrautgifter ved uføreleik etter folketrygdlova § 6-3 (lågaste sats) | 7 716 | 7 836 |
1b. | Ved ekstrautgifter utover lågaste sats, kan grunnstønad bli forhøya til | 11 796 | 11 976 |
1c. | eller til | 15 468 | 15 708 |
1d. | eller til | 22 788 | 23 136 |
1e. | eller til | 30 888 | 31 356 |
1f. | eller til | 38 580 | 39 168 |
2a-1. | Hjelpestønad til uføre som må ha hjelp i huset 2 3 | 12 864 | 13 068 |
2a-2. | Hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-4 til uføre som må ha særskilt tilsyn og pleie 3 | 13 836 | 14 052 |
2b. | Forhøya hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-5 til uføre under 18 år som må ha særskilt tilsyn og pleie 4 | 27 672 | 28 104 |
2c. | eller til | 55 344 | 56 208 |
2d. | eller til | 83 016 | 84 312 |
1 Satsane under punkt 1, 2 og 4 er årlege beløp for ytingane.
2 Stønad til hjelp i huset gjeld tilfelle før 1. januar 1992.
3 Frå 1. januar 1997 er det skilt mellom stønad til hjelp i huset og stønad til særskilt tilsyn og pleie.
4 Gjeld også uføreleik på grunn av yrkesskade, jf. folketrygdlova § 12-18.
12 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder – STAMI
Finansdepartementet har i samråd med aktuelle departement etablert nye prosedyrar for innrapportering av nettobudsjetterte verksemder sine kontantbehaldningar pr. 31. desember med verknad frå statsrekneskapen for 2010. Det blei i samband med budsjettproposisjonen for 2011 utarbeida tre standardtabellar med nøkkeltal for STAMI:
Utgifter og inntekter etter art: Føremålet med tabellen er å vise verksemda sine brutto utgifter og inntekter ut frå kontantprinsippet og med inndeling etter art ut frå dei same prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene (i heile kroner)
Utgifter/inntekter | Rekneskap 2010 | Rekneskap 2011 | Rekneskap 2012 | Budsjett 2013 |
---|---|---|---|---|
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter: | ||||
Utgifter til løn | 76 224 504 | 76 755 111 | 79 507 351 | 80 700 000 |
Varer og tenester | 43 533 103 | 40 544 902 | 39 629 603 | 40 600 000 |
Sum driftsutgifter | 119 757 607 | 117 300 013 | 119 136 954 | 121 300 000 |
Investeringsutgifter: | ||||
Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald | 3 519 519 | 4 286 234 | 2 354 031 | 5 000 000 |
Sum investeringsutgifter | 3 519 519 | 4 286 234 | 2 354 031 | 5 000 000 |
Sum utgifter | 123 277 126 | 121 586 247 | 121 490 985 | 126 300 000 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter: | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 3 883 669 | 3 985 450 | 3 766 017 | 3 300 000 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 400 | 450 | 700 | 0 |
Refusjonar | 1 804 200 | 1 670 180 | 1 285 395 | 1 300 000 |
Andre driftsinntekter | 574 966 | 450 561 | 375 594 | 350 000 |
Sum driftsinntekter | 6 263 235 | 6 106 641 | 5 427 706 | 4 950 000 |
Overføringar til verksemda: | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 98 300 000 | 99 950 000 | 102 600 000 | 104 850 000 |
Andre innbetalingar | 24 059 140 | 16 574 680 | 17 180 437 | 16 500 000 |
Sum overføringsinntekter | 122 359 140 | 116 524 680 | 119 780 437 | 121 350 000 |
Sum inntekter | 128 622 375 | 122 631 321 | 125 208 143 | 126 300 000 |
3. Nettoendring i kontantbehaldninga (2-1) | 5 345 249 | 1 045 074 | 3 717 158 | 0 |
Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og førermålet med tabell 2 er å gje ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene (i heile kroner)
Inntektskjelde | 2010 | 2011 | 2012 | Budsjett 2013 |
---|---|---|---|---|
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå fagdepartementet | 98 300 000 | 99 950 000 | 102 600 000 | 104 850 000 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildeling frå Noregs forskingsråd | 8 494 979 | 8 067 775 | 7 851 014 | 7 500 000 |
Sum løyvingar | 106 794 979 | 108 017 775 | 110 451 014 | 112 350 000 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 15 541 014 | 8 506 904 | 9 329 423 | 9 000 000 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum bidrag | 15 541 014 | 8 506 904 | 9 329 423 | 9 000 000 |
Oppdragsinntekter | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter (kursinntekter, laboratorieinntekter, refusjonar) | 6 286 382 | 6 106 642 | 5 427 706 | 4 950 000 |
Sum oppdragsinntekter | 6 286 382 | 6 106 642 | 5 427 706 | 4 950 000 |
Sum inntekter | 128 622 375 | 122 631 321 | 125 208 143 | 126 300 000 |
Andre inntekter enn basisløyvinga er i hovudsak forskingsbidrag. Instituttet sine inntekter frå bidragsforskinga (frå private kjelder og frå Noregs forskingsråd) utgjorde i 2012 om lag 13,7 pst. av instituttet sine totale inntekter. Inntektskjeldene er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, hovudsakleg Noregs forskingsråd og andre forskingsfond.
Verksemda si kontantbehaldning pr. 31. desember i perioden 2010–2012 med spesifikasjon av føremålet kontantbehaldninga skal nyttast til (i heile kroner)
Balanse 31. desember | 2010 | 2011 | 2012 | Endring 2011–2012 |
---|---|---|---|---|
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank | 53 432 669 | 54 477 743 | 58 194 901 | 3 717 158 |
Behaldning på andre bankkonti, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantbehaldning | 53 432 669 | 54 477 743 | 58 194 901 | 3 717 158 |
Avsetningar til dekking av kostnader som forfell i neste budsjettår: | ||||
Feriepengar mv. | 6 436 272 | 6 435 868 | 6 589 277 | 153 409 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 6 807 787 | 6 667 739 | 6 889 962 | 222 223 |
Gjeld til leverandørar | 443 340 | 13 668 | 22 141 | 8 473 |
Gjeld til arbeidsgjevarar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Annan gjeld som forfell i neste budsjettår | -1 765 239 | -3 876 433 | -1 329 676 | 2 546 757 |
Sum til dekking av kostnader som forfell i neste budsjettår | 11 922 160 | 9 240 842 | 12 171 704 | 2 930 862 |
Avsetningar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt fiansiert av Noregs forskingsråd | 22 286 090 | 21 225 229 | 16 847 389 | -4 377 840 |
Større oppstarta, fleirårige investeringsprosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartement | 2 931 577 | 3 072 117 | 1 526 613 | -1 545 504 |
Konkrete oppstarta, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar til vedtekne, ikkje igangsette føremål | 15 192 842 | 19 639 555 | 22 649 195 | 3 009 640 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 40 410 509 | 43 936 901 | 41 023 197 | -2 913 704 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre føremål/ikkje spesifiserte føremål | 1 100 000 | 1 300 000 | 5 000 000 | 3 700 000 |
Fri verksemdskapital | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum andre avsetninar | 1 100 000 | 1 300 000 | 5 000 000 | 3 700 000 |
Langsiktige forpliktingar (netto) | 0 | 0 | 0 | 0 |
Langsiktige forpliktingar knytte til anleggsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre langsiktige forpliktingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktige forpliktingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum netto gjeld og forpliktingar | 53 432 669 | 54 477 743 | 58 194 901 | 3 717 158 |
Utanom avsetningar til arbeidsgjevaravgift, feriepengar og arbeidsgjevar sine pensjonsinnskott, inneheld kontantbehaldninga konkrete utgiftsforpliktingar i form av forskotsinnbetalte forskingsbidrag i dei enkelte prosjekta, og del av tidlegare års løyving som i framtidige år vil gå med til anskaffing av vitskapeleg utstyr i tillegg til dekking av periodevise høgare kostnader, mellom anna også for NOA og den nye arbeidsmedisinske satsinga.
13 Oslo-erklæringen: Gjenoppretting av tilliten til arbeidsplasser og vekst
Erklæring frå International Labour Organisation (ILO) sitt niande europeiske regionale møte i Oslo 8.–11. april 2013:
«Bakgrunn
Da vi avholdt vårt siste møte, i Lisboa i februar 2009, stod vi midt oppe i en alvorlig økonomisk krise, med stigende arbeidsledighet, usikkerhet og negative konsekvenser for et stort antall arbeidstakere og bedrifter. Dette førte til vedtaket i juni 2009 av Den globale sysselsettingspakten (the Global Jobs Pact), som G20 deretter ga sin tilslutning til og tok opp som en del av sin politikk for å møte krisen.
Fire år senere er det fortsatt store forskjeller fra land til land. Noen land i Europa og den sentralasiatiske regionen (ECA) er i ferd med å komme seg ut av krisen, med arbeidsmarkeder som er stabile eller på bedringens vei. Men i betydelige deler av vår region har krisen forverret seg, med en arbeidsledighet som har steget til alarmerende nivåer, særlig blant unge mennesker, tiltakende usikkerhet i arbeidslivet, økende forskjeller, et svekket sosialt sikkerhetsnett og forverrede og usikre betingelser for bedrifter og investeringer, samtidig som mange regjeringer har satt i verk smertefulle reformer og kjemper med gjeld og valutaproblemer.
Det er nødvendig å finne positive veier ut av uføret i disse landene, for å overvinne de negative økonomiske, sosiale og politiske konsekvensene og gjenopprette tilliten. Sosial dialog og kollektive forhandlinger er effektive virkemidler som kan dempe virkningene av krisen, men i mange land har disse virkemidlene blitt svekket.
Finansiell konsolidering, strukturelle reformer og konkurranseevne på den ene siden, og tiltakspakker, investeringer i realøkonomien, anstendige arbeidsplasser og økt tilgang på kreditt for næringslivet på den andre, bør ikke være konkurrerende paradigmer. Det er i vår felles interesse å utvikle bærekraftige tilnærminger for å skape arbeidsplasser og fremme vekst og sosial rettferdighet.
Vi er av den oppfatning at tiltakene i Den globale sysselsettingspakten fra 2009 er relevante og bør settes ut i livet på en effektiv måte.
Tilliten kan gjenopprettes.
Forventninger
På grunn av organisasjonens trepartsstruktur og dens mandat er ILO i en ideell posisjon til å bistå medlemslandene med å takle sosiale og økonomiske kriser og hjelpe dem med å utforme en sunn og rettferdig reformpolitikk.
ILO bør:
fremme en politikk som bidrar til anstendige arbeidsplasser og jobbskaping gjennom:
en sysselsettingsvennlig makroøkonomisk politikk og investeringer i realøkonomien,
gunstige rammebetingelser for næringslivet,
hensiktsmessige strategier for å styrke konkurranseevnen og skape en bærekraftig utvikling, samtidig som grunnleggende prinsipper og rettigheter i arbeidslivet respekteres,
fremme strategier som bedrer kvaliteten på arbeidsplassene og bidrar til å redusere lønnsforskjellene mellom kjønnene,
fremme en politikk som skaper og opprettholder tillit i næringslivet og skaper bærekraftige bedrifter, særlig små og mellomstore bedrifter, i samsvar med ILCs resolusjon om bærekraftige bedrifter fra 2007,
fremme en politikk som hjelper arbeidssøkere gjennom effektive og aktive arbeidsmarkedstiltak, som særlig retter seg mot behovene til unge og eldre arbeidstakere, og som fremmer kvinners deltakelse i arbeidslivet,
sette fokus på misforhold mellom arbeidstakernes ferdigheter og behovene i arbeidsmarkedet,
fremme gjennomføringen av ILCs resolusjon fra 2012: Ungdomsledighetskrisen: En oppfordring til handling (The youth employment crisis: A call for action),
fremme strategier for å øke investeringene i forskning og utvikling, herunder innovativ teknologi og grønn økonomi,
fremme etableringen av dekkende og bærekraftige sosiale sikkerhetsnett,
fremme et sterkt og ansvarlig sosialt partnerskap med sosial dialog på alle nivåer, som kan bidra til rettferdig fordeling, sosial utvikling og stabilitet, basert på en produktivitetsorientert lønnspolitikk,
arbeide for at ILOs erklæring om sosial rettferdighet fra 2008 blir satt ut i livet i sin helhet, med særlig fokus på grunnleggende prinsipper og rettigheter i arbeidslivet.
ILOs virkemidler
Den aktuelle situasjonen krever en ekstraordinær respons fra ILO. Reformprosessen i ILO må styrke organisasjonens evne til å handle.
Vi oppfordrer Det internasjonale arbeidsbyrået til å:
sørge for kunnskapsbasert forskning, analyse og teknisk veiledning av høy kvalitet,
gi medlemmene hjelp til å løse spesifikke utfordringer som er identifisert i de respektive landene i regionen,
hjelpe medlemmene med å implementere grunnleggende arbeidsstandarder og andre relevante internasjonale arbeidsstandarder,
legge til rette for utveksling av erfaring, herunder via plattformer for utveksling av god praksis og gjennom organisering av seminarer for gjensidig læring med fokus på konkrete problemer,
styrke regjeringers og sosiale partneres kapasitet til å ta ansvar for å bidra til bedring og reformer, gjennom en styrket sosial dialog, kollektive forhandlinger og effektivt sosialt partnerskap,
fremme synergier og samkjøring med internasjonale og regionale organisasjoner og institusjoner – særlig med IMF, OECD, Verdensbanken, EU og Den euroasiatiske økonomiske kommisjonen – og gjennom fora som G20-landenes felles arbeids- og finansministermøte med Den russiske føderasjonen som vertskap i juli 2013, i makroøkonomiske spørsmål, arbeidsmarkedsspørsmål, sysselsettingsspørsmål og spørsmål som gjelder sosial sikkerhet.»