Del 2
Budsjettframlegg
2 Nærare omtale av løyvingsforslaga
Programområde 15 Landbruk og mat
Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.
Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 154 161 | 147 614 | 150 544 | 2,0 |
Sum kategori 15.00 | 154 161 | 147 614 | 150 544 | 2,0 |
Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 19 864 | 106 | 110 | 3,8 |
Sum kategori 15.00 | 19 864 | 106 | 110 | 3,8 |
Mål
Departementet sitt ansvarsområde dekkjer heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima, miljøtiltak i sektoren og nye landbruksbaserte næringar. Departementet legg stor vekt på samordning med andre sektorar for ei best mogleg tilpassing av politikken.
Landbruks- og matdepartementet vil vidareutvikle landbruks- og matforvaltninga som ei omstillingsdyktig, effektiv og robust forvaltning. Forvaltninga må, gjennom dialog med organisasjonar, brukarar og andre myndigheiter, vere i stand til å endre seg i takt med samfunnsutviklinga.
Sjå også omtale under del III.
Forenkling, effektiv ressursbruk og brukarvennlegheit
Det er viktig at dei landbruks- og matpolitiske verkemidla blir utvikla på ein slik måte at dei blir enkle å bruke for næringsdrivande, forvaltninga og samfunnet elles. Landbruks- og matdepartementet vil arbeide for at digitale tenester som forvaltninga og instituttsektoren tilbyr skal vere effektive, moderne, framtidsretta og tilpassa både brukarar og offentleg sektor. Departementet vil vidareføre arbeidet med å forenkle dei landbruks- og matpolitiske verkemidla. Som oppfølging av Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken er det gjort endringar i odelslova, jordlova og det er vedteke ei ny jordskiftelov. Endringane i jordlova gjer det enklare å få samtykke til å dele frå areal som skal brukast som tilleggsjord, og å dele frå tomter til bustadformål. Endringane i odelslova styrkjer odelsretten til dei som har odelsrett, og frigjer ressursar i dei offentlege organa som handsamar søknadar om odelsfrigjering.
Den nye jordskiftelova erstattar jordskifteloven av 1979. Lova vil vere ein viktig reiskap i arbeidet til jordskifterettane har med å skape meir tenlege og nyttige eigedommar, og løyse tvistar om grenser og rettar på fast eigedom. Endringar har det også vore i reindriftsloven, der hensikta er å få ei meir oversiktleg og effektiv forvaltning.
Betre system for samfunnstryggleik og auka beredskap
Departementet er oppteke av at samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet skal bidra til å redusere risiko for kriser og sikre at kriser som likevel oppstår, blir handterte på ein best mogleg måte. Arbeidet med samfunnstryggleik- og beredskap skal vere sporbart og integrert i departementet sitt planverk, styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder. Departementet har beredskapsplanar som minimum blir reviderte årleg, slik at dei heile tida er ein god reiskap for handtering av kriser og uønska hendingar.
Departementet legg vekt på meir leiarmerksemd i og styring av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Ein overordna risiko- og sårbarheitsanalyse for departementet sitt myndigheitsområde er eit viktig element her. Arbeidet er tett integrert i departementet sitt overordna styringssystem.
I styringsdialogen med underliggjande verksemder får beredskapsarbeidet systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav til beredskap i tildelingsbrev og i verksemdsinstruksane.
Betre kommunikasjon med brukarane og meir openheit
Landbruks- og matdepartementet skal bidra til offentleg merksemd om landbruks- og matpolitikken. Ny kunnskap og informasjon skal raskt gjerast lett tilgjengeleg på dei aktuelle fagområda. Dette blir det lagt til rette for mellom anna på departementet sine nettsider, og i eit tett samarbeid med departementet sine underliggjande verksemder.
Betre og meir målretta styring
Mål- og resultatstyring er det overordna styringsprinsippet i statleg verksemd. Innanfor kvart politikkområde finst det dilemma og målkonfliktar. Departementet legg vekt på å få ein best mogleg balansert innsats og bruk av dei ulike verkemidla for å nå måla i landbruks- og matpolitikken. I Meld. St. 9 (2011–2012) lanserte departementet ein ny målstruktur som ligg til grunn for styringa i departementet og for etatsstyringsdialogen med dei underliggjande verksemdene som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet. Som ei oppfølging av Meld. St. 9 (2011–2012) og Riksrevisjonen si undersøking om måloppnåing og styring i jordbruket, jf. Dokument 3:12 (2009–2010), vil departementet halde fram arbeidet med å betre framstillinga av mål og resultat i sektoren.
Departementet har identifisert og teke i bruk mange resultatindikatorar som kan seie noko om resultatoppnåinga i sektoren. I mange tilfelle vil samanhengane vere så komplekse at det ikkje blir fagleg riktig å fokusere berre på konkrete og målbare indikatorar. Måleindikatorar må difor ofte supplerast med kvalitative analysar for å få fram eit dekkjande bilete av utviklinga. Dette er eit kontinuerleg utviklingsarbeid som departementet har stor merksemd mot. Sjå også nærare omtale av overordna mål og delmål i del III.
Oppdatert kompetanse og rett ressursbruk
For å styrkje og målrette departementet sitt langsiktige arbeid med kompetanseutvikling, har departementet vedteke ein strategi for dette for perioden 2013–2015. Utviklinga i ressursbruken for heile landbruks- og matforvaltninga er gjeven ei eiga omtale i del III.
Prioriteringar
Dei viktigaste prioriteringane for departementet i 2014 på det administrative området blir å halde fram arbeidet med å forsterke systema for samfunnstryggleik og beredskap og å føre vidare arbeidet med utvikling av mål- og resultatstyringa i sektoren.
Sjå også omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla i proposisjonen.
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 140 315 | 143 663 | 146 277 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 572 | 1 033 | 1 069 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 13 020 | 2 655 | 2 926 |
50 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter | 255 | 263 | 272 |
Sum kap. 1100 | 154 161 | 147 614 | 150 544 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Landbruks- og matdepartementet skal dekkje eit breitt forvaltningsområde gjennom ansvaret for landbruks- og matpolitikken. Posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til departementet. Dei tilsette er den viktigaste ressursen for departementet, og det blir lagt stor vekt på at dei har god samfunnsforståing, samarbeidsevne, effektivitet i oppgåveløysinga og høg fagleg kompetanse.
Rapportering 2012
Det blei nytta i overkant av 140 mill. kroner til drift av Landbruks- og matdepartementet i 2012. Om lag 70 pst. av løyvinga blei nytta til lønnsmidlar, mens resten blei nytta til husleige, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kurs og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Departementet hadde per 1.1.2013 om lag 144 årsverk, fordelt på 159 tilsette. Dette er om lag 15 årsverk færre enn i 2010.
Budsjettframlegg 2014
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 146,277 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Formål med løyvinga
Midlane på posten skal nyttast til godtgjering til utgreiingsutval og andre særskilde prosjektrelaterte kostnader i Landbruks- og matdepartementet.
Rapportering 2012
Det blei nytta om lag 500 000 kroner til kjøp av tenester knytt til eigarstyringa av Statskog SF. Verdivurdering og arbeid med mål- og resultatstyring av selskapet var dei sentrale elementa i dette.
Budsjettframlegg 2014
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 1,069 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan
Formål med løyvinga
Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinære utgifter i departementet, ved eigedommane til departementet og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved dei ordinære forvaltningsorgana under departementet. Løyvinga kan også nyttast til utgifter knytte til sal og taksering av eigedommar.
I tråd med kongeleg resolusjon som trådde i kraft 1. oktober 2006, og forskrift om freding av statens kulturhistoriske eigedommar, er det utarbeidd landsverneplanar for dei verneverdige eigedommane som sorterer under departementet. Forvaltninga av verneplanar er difor også ein viktig del av departementet sitt generelle vedlikehaldsansvar, og utgifter til dette blir dekte over posten.
Rapportering 2012
Det blei i 2012 nytta om lag 13 mill. kroner over posten. Om lag 9,9 mill. kroner blei nytta ved departementet sin eigedom på Kjeller i Skedsmo. Om lag 1,7 mill. kroner blei nytta til vedlikehaldsarbeid ved Staur gard i Stange, og om lag 1,4 mill. kroner til departementet si flytting til nye lokale juni 2012.
Budsjettframlegg 2014
Departementet har fått utarbeidd forvaltningsplanar for verneverdige eigedommar under departementet. Desse viser eit etterslep i vedlikehaldet ved fleire av eigedommane. Departementet tek sikte på å gjennomføre nødvendige oppgraderingar og reparasjonar ved ulike eigedommar. Det blei i 2012 inngått ein avtale mellom departementet og Forsvarsbygg om utarbeiding av forvaltningsplan for eigedommane som inngår i leigekontrakten med Bioforsk, og det er venta at dei siste utbetalingane kjem i 2014. Departementet gjer framlegg om ei løyving over posten på 2,926 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg til Stortinget om ei særleg fullmakt knytt til inntekter frå salet av eigedom på Kjeller, jf. forslag til vedtak V, andre ledd.
Det kan også i 2014 bli aktuelt å selje festetomter, tomter, bygningar, areal til utbygging, veggrunn m.m. andre stadar. Departementet gjer difor framlegg til Stortinget om fullmakt til å selje opphavleg og innkjøpt statseigedom for inntil 16 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V, første ledd. Departementet gjer også framlegg om at unytta meirinntekter frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten.
Posten sjåast i samanheng med, og kan nyttast under post 50.
Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
Formål med løyvinga
Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved dei nettobudsjetterte institutta under departementet.
Rapportering 2012
Midlane blei nytta til delfinansiering av måleutstyr hos Bioforsk.
Budsjettframlegg 2014
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 272 000 kroner over posten i 2014, og vil nytte midlane ut frå dokumenterte behov i instituttsektoren.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Refusjonar m.m. | 36 | 106 | 110 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 027 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 826 | ||
40 | Sal av eigedom | 16 974 | ||
Sum kap. 4100 | 19 864 | 106 | 110 |
Post 40 Sal av eigedom
Landbruks- og matdepartementet selde i 2012 eigedom på Kjeller i Skedsmo for til saman 16,722 mill. kroner, og ei tidlegare hesteavlsseter på Bekkelægeret i Oppdal for 255 000 kroner.
Programkategori 15.10 Matpolitikk
Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 167 763 | 162 990 | 168 694 | 3,5 |
1115 | Mattilsynet | 1 253 681 | 1 213 819 | 1 244 473 | 2,5 |
Sum kategori 15.10 | 1 421 444 | 1 376 809 | 1 413 167 | 2,6 |
Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
4112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 18 850 | 18 893 | 19 180 | 1,5 |
4115 | Mattilsynet | 135 672 | 129 945 | 115 362 | -11,2 |
Sum kategori 15.10 | 154 522 | 148 838 | 134 542 | -9,6 |
Mål og strategiar
Det faglege ansvaret på matområdet er fordelt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Fordelinga er fastsett i kongelege resolusjonar. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom desse departementa.
Matpolitikken til regjeringa dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet avvik difor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken, slik dei er omtalte i andre kapittel i denne budsjettproposisjonen.
Hovudmåla på det matpolitiske området er:
å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Andre viktige omsyn er:
tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
sunt kosthald og gode matopplevingar
nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon
Regjeringa ønskjer at forbrukarane skal ha høg tillit til all mat på marknaden og til norsk matproduksjon. Trygg mat er ein sentral føresetnad for slik tillit. Regjeringa vil leggje vekt på ønskje og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og relevant, lett tilgjengeleg og rett informasjon er viktige føresetnader for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val og utøve makt i matmarknaden. Gode merkeordningar for mat skal bidra til dette.
Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsette og utøvde på ein slik måte at ein ikkje skapar konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.
Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrenser krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er nødvendig for å sikre trygg mat som møter krava til forbrukarane og for å fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.
Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. Matområdet er i følgje NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor det kvantitativt største enkeltområdet under EØS-avtalen med nærare 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk, jf. Meld. St. 5 (2012–2013) EØS-avtalen og Norges øvrige avtaler med EU.
Noreg tek også aktivt del i internasjonalt samarbeid på matområdet, mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC). Organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i avtaleverket om mattryggleik, helse og miljø under WTO-avtalen (SPS-avtalen og TBT-avtalen), og som også legg premissar for regelverket i EU.
Den internasjonale handelen med innsatsvarer, planter, dyr og mat må skje i samsvar med internasjonale avtalar og vere basert på internasjonalt fastsette standardar. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande på overvaking, risikovurderingar og forsking, særleg når det gjeld sjømat og fiskehelse. Dette legg grunnlaget for at norske synspunkt blir høyrde i internasjonale fora som utformar regelverk og standardar.
Regjeringa la våren 2013 fram Meld. St. 34 (2012–2013) Folkehelsemeldingen. God tilgang til sunn og trygg mat og trygt drikkevatn er viktig for god helse og eit helsefremmande miljø. Regjeringa vil påverke kunnskap og vanar hos forbrukarane på ein positiv måte, samstundes som det blir teke omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og valfridom. Det er viktig å leggje til rette for tiltak som gjer at det blir enklare for forbrukarane å velje sunne alternativ.
Regjeringa la våren 2013 fram Meld. St. 22 (2012–2013) Verdens fremste sjømatnasjon som handlar om korleis Noreg kan utvikle sin posisjon som verdas fremste sjømatnasjon. I meldinga er det skissert tiltak på viktige område som til dømes sjømattryggleik og kvalitet, marknadstilgang og miljømessig berekraftig havbruk, under dette fiskehelse. Ein tek sikte på ein gjennomgang for å oppnå betre samordning av staten sine tilsynsressursar på fiskeri- og havbruksområdet.
Regjeringa la hausten 2011 fram Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken om ein framtidsretta landbruks- og matpolitikk i Noreg, Meldinga legg vekt på fire overordna mål; matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Her peikar regjeringa mellom anna på at trygge innsatsvarer og god plante- og dyrehelse og dyrevelferd blir stadig meir akseptert som ein føresetnad for berekraftig ressursforvaltning og matforsyning, både nasjonalt og internasjonalt. Klimaendringar aukar risikoen for at nye planteskadegjerarar, dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Forventa auke i smittepresset må møtast med god beredskap, effektiv overvaking og førebyggande tiltak. Regjeringa vil arbeide for å halde oppe den gode norske plante- og dyrehelsa.
Mål for løyvinga
Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Bioforsk og Veterinærinstituttet. Sjå også Prop. 1 S (2013–2014) for Fiskeri- og kystdepartementet for Veterinærinstituttet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål, og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova og dyrehelsepersonellova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynet sitt arbeid for å nå måla i kosmetikklova, husdyravlslova og planteforedlarlova.
Gjennomføring av politikken
Mattilsynet er den sentrale myndigheitsaktøren i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar regelverksutvikling, tilsyn, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå og med produksjon av innsatsvarer og primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Programkategorien omfattar også tiltak utanfor Mattilsynet sitt ansvarsområde, dvs. andre matpolitiske tiltak som blir sett i verk av dei tre matdepartementa.
Ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd. Når det er nødvendig for å nå måla, vil Mattilsynet handheve regelverket ved å nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde. Aktiv rettleiing om regelverket er viktig.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA). Sjå også Prop. 1 S (2013–2014) for Helse- og omsorgsdepartementet kap. 703 og 713.
Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet er viktig for å gje grunnlag for at forvaltninga er godt fagleg og vitskapleg fundert.
Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld matboren sjukdom. Dette kjem mellom anna av at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt liten. Dette er nærare omtalt i kap. 1115 og Del III. Sjølv om mattryggleiken generelt er god, krev det innsats for å halde den oppe og å forbetre den på område der Mattilsynet påviser regelbrot og manglar.
Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge, uavhengig av om dei er framstilte i Noreg eller importerte. Regelverket og tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidrar til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat eller drikkevatn.
Det er nødvendig med kontinuerleg innsats frå verksemdene for å halde oppe og sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Verksemder som produserer og sel innsatsvarer og mat, varierer mykje i størrelse og karakter. Mange aktørar har god kunnskap og gode rutinar og system for å sikre at dei etterlever regelverket slik at innsatsvarene, maten og drikkevatnet blir trygge. Samstundes viser resultata frå tilsyn at det er stort rom for forbetringar hos mange.
Særleg viktig er effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lett forderveleg mat eller som handterer mat som ikkje er innpakka. Det er framleis grunn til å ha stor merksemd på dei hygieniske forholda i omsetnadsledda og i serveringsnæringa. Resultat frå pilotprosjektet med ei smilefjesordning i serveringsnæringa i Trøndelag og Møre og Romsdal har vist at etterlevinga av regelverket har blitt langt betre. Ordninga er også godt motteke av verksemdene og forbrukarane. Ein tek sikte på å gjere ordninga landsdekkande.
Tilsynet med vassverk har avdekka til dels alvorlege manglar ved forsyninga av drikkevatn. Det er nødvendig med forbetringar i mange vassverk, særleg dei mindre. Ut frå ein nasjonal handlingsplan som Mattilsynet har utarbeidd, blir det arbeidd vidare med å forbetre kvaliteten på drikkevatnet. Strenge verkemiddel må nyttast mot vassverk som ikkje oppfyller krava. For å oppnå resultat, er det i mange tilfelle behov for store investeringar for å utbetre reinseanlegg og leidningsnett. Klimaendringar kan gje nye utfordringar, både når det gjeld råvasskjeldene og leidningsnettet.
Noreg blei i 2010 valt til å leie byrået for WHO/UNECE sin protokoll om vatn og helse. Det er i gang eit arbeid med å fastsetje nasjonale mål for tiltak på vassområdet, noko som vil vere ein del av den norske gjennomføringa av protokollen.
Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og menneske. Tal frå Verdas helseorganisasjon viser at om lag 75 pst. av nye eller kjente infeksjonar som har vore i vekst hos menneske dei siste 30 åra, skuldast smittestoff som kjem frå dyr. Å halde oppe den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for mattryggleiken og for god helsetilstand i landet.
Utvikling av resistente sjukdomsframkallande mikrobar hos dyr og menneske er eit aukande problem, også i Noreg. Meticillinresistente Staphylococcus aureus (MRSA) som er påvist i nokre svinebesetningar, er eit aktuelt døme. Slike mikrobar er påvist både hos dyr og røktarar. Mindre og meir målretta bruk av antibiotika til produksjonsdyr, selskapsdyr og menneske er blant dei viktigaste tiltaka for å motverke denne utviklinga. Sett i internasjonal samanheng er antibiotikabruken til husdyr i Noreg på eit svært lågt nivå. Det er også viktig at Noreg gjennom nordisk og europeisk samarbeid arbeider for å redusere utviklinga av antibiotikaresistens globalt. God dyrehelse og forsvarleg bruk av legemiddel til alle dyr er sentralt, av omsyn til folkehelse, mattryggleik, dyrevelferd og miljø.
Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk bruker av ulike matvarer og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider mellom anna med Helsedirektoratet for å oppdatere eksisterande inntaksdata og for å utvide talet på matvarer som ein har inntaksdata for. Det er også viktig med kunnskap om innhaldet av framandstoff i innsatsvarer og råvarer og om det er miljøforureiningar i vatn eller jordsmonn som kan påverke innhaldet i fisk, dyr og planter.
Regelverket krev at verksemdene skal kunne dokumentere sporing eitt ledd framover og eitt ledd bakover i matproduksjonskjeda. Kravet til å ha gode system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut i marknaden, slik at verksemdene kan trekkje desse tilbake på ein effektiv måte og gje rask, rett og klar informasjon til Mattilsynet og forbrukarane. Samarbeidet mellom styresmaktene og næringane for å styrkje sporingsevna i den norske matproduksjonskjeda vil bli ført vidare.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2013–2014) for Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Mattilsynet har også ei viktig rolle, særleg når det gjeld merking av næringsinnhald, merking med ernærings- og helsepåstandar, sunnheitsmerking og overvaking av kosthaldet og samansetninga av matvarene. Mattilsynet og Helsedirektoratet vil samarbeide om vidareutvikling av kostberekningsprogrammet Mat på data. Det er viktig med eit nært og godt samarbeid mellom desse etatane.
Forbrukarane, matbransjen og styresmaktene ser merking av mat som eit viktig forbrukaromsyn. Merking er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene, mellom anna om kva dei inneheld, korleis dei skal handterast, kor dei kjem frå og kor mykje næring dei gjev. Merkinga skal også gjere det enklare å velje sunn mat.
Det vil bli lagt vekt på å følgje opp den nye forordninga om matinformasjon, som vil avløyse mykje av det gjeldande regelverket om merking. Forordninga oppdaterer og vidareutviklar krava til merking av mat. Ulike delar av forordninga tek til å gjelde i tida frå 2014 til 2016. Mellom anna blir det krav om obligatorisk merking av næringsinnhald for dei fleste matvarene som blir omsett til forbrukarane. Det blir også strengare krav til merking av kor matvarene kjem frå, mellom anna for frukt og grønt og for fleire kjøttslag enn storfe. Det vil bli lagt vekt på å føre vidare norsk medverknad i arbeidet med å følgje opp matinformasjonsforordninga og forordninga om påstandar om ernærings- og helseeffektar knytt til mat, særleg for å få på plass så gode ernæringsprofilar som råd.
Ordninga med frivillig sunnheitsmerking av mat (Nøkkelholet) har gjeve forbrukarane eit auka tilbod av sunne matvarer. I januar 2013 kjenner 98 pst. til ordninga og ein av to seier at merket gjev hjelp til sunnare val. Marknadsdata viser ein auke frå 550 merka produkt, utanom frukt og grønt, i 2010 til 1 738 merka produkt i 2012. Det er i gang arbeid med å vurdere om ei utviding av ordninga til kiosk-, bensinstasjons- og serveringsmarknaden er rett veg å gå for å få betre tilbod og tilgang til sunne alternativ.
Interessa veks for lokal mat og matprodukt med særpreg. Gjennom merkeordninga Beskytta nemningar får produsentane eit rettsleg vern mot kopiering av produktnamnet. Ved utgangen av 2012 var det 23 norske produkt og om lag 600 produsentar i ordninga. Det vil bli forhandla med EU om gjensidig godkjenning av merkeordninga Beskytta nemningar.
Matdepartementa legg vekt på å bidra i utviklinga av regelverk i EU, slik at ein får minst mogleg innblanding av GMO i tradisjonelt GMO-frie innsatsvarer. Mellom anna blir det arbeidd for ei nullgrense når det gjeld innblanding i såfrø. Departementa vil vidareføre ei restriktiv line når det gjeld GMO.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett ei ny forskrift om kvalitet på fisk og fiskevarer. Føremålet med forskrifta er å fremje god kvalitet på fisk og fiskevarer til forbrukar og marknadstilgang for norsk fisk og fiskevarer i utlandet. I Prop. L 93 (2012–2013) om den nye fiskesalslagslova er det skissert tiltak for å betre kvaliteten på råstoffet som blir landa. Matdepartementa vil følgje opp dette i løpet av 2014.
Oppfølging av matkjedeutvalet si innstilling og ekspertutvalet som har utgreidd ei ny lov om god handelsskikk i daglegvaresektoren, er også viktig for forbrukarinteresser, sjå nærare omtale i kat 15.30.
Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Endra klima- og miljøforhold vil krevje høg beredskap mot introduksjon av nye plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar, zoonosar og mot større utbreiing av allereie kjende sjukdommar hos planter, husdyr og vilt. Planteskadegjeraren furuvednematode og drøvtyggarsjukdommen blåtunge er aktuelle eksempel.
Noreg har generelt god plantehelse, men klimaendringar og aukande import av planter og plantemateriale aukar risikoen for introduksjon av nye sjukdommar og planteskadegjerarar.
Landdyrhelsa i Noreg er framleis generelt god. Dei siste åra er det likevel påvist fleire nye sjukdommar, til dømes blåtunge hos storfe og svineinfluensa hos gris. Det er difor viktig med god overvaking av sjukdomssituasjonen og god beredskap mot hendingar som ikkje er ønskjelege.
Evna til å løyse sjukdomsutfordringane i havbruket har betyding for om det langsiktige vekstpotensialet kan takast ut. Kontroll med sjukdom er også viktig for å minske smittepresset i miljøet og dermed redusere bruk og utslepp av medikament. Lakselus er for tida den største utfordringa og er primært eit problem for villfisken. I sjømatmeldinga blei det presentert indikatorar og grenseverdiar for å måle påverknad på villfisk frå lakselus i oppdrettsanlegg.
Produksjonssvinnet i sjøfasen er for høgt. Det skuldast dels dårleg smoltkvalitet, dels tilhøve ved den enkelte lokaliteten og dels sjukdom. Det må arbeidast for å redusere alle tre årsakene.
Arbeidet med å fremje god dyrevelferd er viktig. Det er nødvendig med merksemd både mot hald av produksjonsdyr og sports- og familiedyr. Det er viktig å utvikle gode indikatorar for velferd for produksjonsdyr. Utvikling av kunnskap om effektar på dyrevelferda av avlstiltak, ulike driftsformer og system er også viktig. Dyrevelferd i produksjonen av slaktekylling er eit område det blir arbeidd særskilt med. Oppfølging av nye reglar for tettleiken av dyr i kyllingoppdrett vil bidra til betre dyrevelferd.
I Meld. St. 9 (2011–2012) varsla regjeringa at ho ville gjennomgå pelsdyrnæringa. Regjeringa vil sette ned eit offentleg utval som skal vurdere framtida til pelsdyrnæringa i Noreg, både eit alternativ med berekraftig utvikling og eit alternativ med styrt avvikling skal greiast ut. Lidingar hos og tap av dyr på beite er ei stor utfordring i arbeidet for god dyrevelferd. I delar av landet er det framleis problem med flåttboren sjukdom og alveld som skuldast forgifting frå beiteplanter.
Hovuddelen av auken i tap av dyr på beite dei siste 15 – 20 åra skuldast rovvilt. Rovviltforliket i Stortinget 2011 legg grunnlag for meir effektiv måloppnåing for både rovviltbestandane og moglegheit til levedyktig næringsdrift basert på beitebruk.
Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk rette forhold. I denne samanhengen er relevante målemetodar for god fiskevelferd eit viktig element.
Andre omsyn
Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Regjeringa gjer framlegg om ei styrking av Mattilsynets budsjett på 10 mill. kroner til arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang i utlandet for norsk sjømat. Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at den blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at produkta som blir eksportert, er trygge. For Noreg som stor eksportør av sjømat er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda. Mattilsynet sin rolle som tilsynsmyndigheit og evne til kommunikasjon med styresmaktene i importlanda er svært avgjerande for tilliten.
Den gode norske dyrehelsa kan utnyttast i eksportsamanheng, mellom anna når det gjeld avlsprodukt frå husdyr. Også for ein del landbruksprodukt er det viktig med marknadstilgang i utlandet.
Sunt kosthald og gode matopplevingar
Det er framleis behov for meir kunnskap om samanhengen mellom kosthald og helse. Det er viktig at tilgjengeleg fagleg og vitskapleg basert informasjon når fram til forbrukarane på ein tenleg måte. Kostråda til styresmaktene for å fremje folkehelsa og førebygge kroniske sjukdommar er viktige i denne samanhengen. Folkehelsemeldinga legg vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, å legge til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre og å styrkje kunnskapen om mat, kosthald og ernæring. Alle elevane i ungdomsskolen får i mat- og helsefaget gratis Kokebok for alle – Fra boller til burritos med oppskrifter på lettvint, god og sunn mat. I tillegg kjem Fiskesprell som er eit landsdekkande prosjekt med aktivitetar som skal få ungar i barnehagar og i grunnskolen til å ete meir fisk.
Merksemd på matglede og god matkvalitet er også viktig for at forbrukarane skal kjenne til kor maten kjem frå, korleis han blir produsert og samanhengen mellom mat og helse. Det blir gjennomført prosjekt med sikte på å auke tilbodet av lokalprodusert mat og frukt og grønt til barn og unge. Smakens uke er ei årleg hending i mange land, også i Noreg, for å auke interessa for matkvalitet og matglede. Andre tiltak er mellom anna matfestivalar, tiltak retta mot barn og unge slik som Geitmyra matkultursenter for barn og Liantunet, TV-programma Barnas restaurant og Smaken av Norge og synleggjering og premiering av serveringsstader som tilbyr gode og sunne lokale matrettar.
Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
Innovasjon og næringsutvikling knytt til produksjon av mat med lokal identitet er viktig for å kunne ha robuste og innovative små og store verksemder. Dette vil igjen føre til større mangfald av produkt i matmarknaden, sjå nærare omtale under kat. 15.30. Mattilsynet har i denne samanhengen ei viktig oppgåve med å rettleie om regelverket.
Fleire tiltak for betre mattryggleik og god rettleiing om regelverket vil også gje effektar som støttar opp under verdiskapinga i verksemdene.
Oppfølging av målet i matlova om å fremje god plante- og dyrehelse bidreg til å auke verdiskapinga i næringane.
Langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon
Arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning av landbruksprodukt og berekraftig og miljøvennleg produksjon av landbruksprodukt er hovudsakleg omtalt i kat. 15.30.
Arbeidet med å følgje opp handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare.
Når det gjeld sjømat, sjå Prop. 1 S (2013–2014) for Fiskeri- og kystdepartementet.
Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
50 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet | 87 306 | 85 022 | 87 998 |
51 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk | 63 740 | 60 699 | 62 823 |
52 | Støtte til fagsentra, Bioforsk | 16 717 | 17 269 | 17 873 |
Sum kap. 1112 | 167 763 | 162 990 | 168 694 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk beredskaps- og forskingsinstitutt innan dyrehelse, dyrevelferd, fôr- og mattryggleik. For styresmaktene er Veterinærinstituttet den viktigaste kunnskapsleverandøren ved førebyggjing, oppklaring og handtering av zoonosar og alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr. Kunnskapsutvikling og formidling innan fagområda er også viktig som grunnlag for utvikling av lovverk og som støtte til utvikling av ulike samfunnssektorar. Veterinærinstituttet bidreg også i førebyggjing og handtering av kriser som skuldast smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat.
Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Veterinærinstituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik frå Landbruks- og matdepartementet. Løyvingane til oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik ligg på budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet, sjå kap. 1023, post 51. Forsking er ein sentral del av Veterinærinstituttet si verksemd og er omtala under kap. 1137. Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i alle faglege spørsmål.
Veterinærinstituttet yter også tenester og formidlar kunnskap til næring, fagpersonell og dyreeigarar og arbeider for at ny kunnskap blir teken i bruk.
Formål med løyvinga
Dei tildelte midlane under kap. 1112, post 50 blir nytta til Veterinærinstituttet sitt arbeid med å gje fagleg støtte til forvaltninga, mellom anna ved å utvikle kunnskap innan kjerneområda. Desse er:
Beredskap, diagnostikk og rådgjeving
Overvaking
Mattryggleik
Dyrevelferd
Referansefunksjonar
Mattilsynet er den viktigaste brukaren av kompetansen til instituttet. Veterinærinstituttet vil difor leggje stor vekt på å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte innan kjerneområda til instituttet.
Vitskapskomiteen for mattryggleik har også behov for kompetanse og data som grunnlag for sine risikovurderingar. Veterinærinstituttet vil vere ein sentral kunnskapsbase og oppdragstakar for komiteen.
Rapportering 2012
Veterinærinstituttet har i 2012 bidrege med diagnostikk, forsking og faglege råd innan fiskehelse, dyrehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik til Mattilsynet og andre styresmakter. Det regionale nærværet har medverka til å sikre god landsdekkjande beredskap mot dyre- og fiskesjukdommar. Kunnskapsutviklinga ved instituttet har auka betydeleg i 2012, mellom anna har EU-finansiert forsking auka med 49 pst.
Beredskap, diagnostikk og rådgjeving
Veterinærinstituttet sitt beredskapsarbeid blei testa i 2012 i ei stor øving saman med Mattilsynet om munn- og klauvsjuke. Beredskapsplanane blei også forbetra i 2012. Veterinærinstituttet deltek i nettverk som samordnar tiltak mot bioterror, og i 2012 blei ressursane innan biosikring av laboratoriedrifta styrkt.
Diagnostikk er ein av hovudaktivitetane ved Veterinærinstituttet, og harmonisering av diagnostikken på ulike område har hatt høg prioritet.
Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er gunstig samanlikna med dei fleste andre land. Likevel er det gjort nokre viktige funn i 2012 som kan nemnast:
Fleire ulike parasittar og bakteriar som ikkje finst eller er særs uvanlege i Noreg, blei funne i hundar importerte frå utlandet, særleg frå Aust-Europa.
To alvorlege former for antibiotikaresistente bakteriar blei påviste hos dyr. Meticillinresistente gule stafylokokkar blei funne hos gris og katt, mens ein spesiell variant av E. coli-bakterien, såkalla ESBL (ekstendert spektrum beta-lactamase) blei påvist i avlsfjørfe og i kyllingfilet.
Schmallenbergvirus – eit nytt virus som blei påvist for første gong i verda i Tyskland i 2011, blei også påvist i Noreg – i sviknott samla inn på Sørlandet i september 2012. Seinare på hausten viste undersøkingar at 17 pst av storfebuskapar på Austlandet, Sørlandet og i Rogaland var smitta.
Framleis var om lag 50 pst av grisebuskapar smitta med influensa A – den pandemiske varianten frå utbrotet i 2009.
Dei smittsame fjørfesjukdomane infeksiøs laryngotrakeitt (ILT), infeksiøs bronkitt (IB) og infeksjon med Mycoplasma gallisepticum blei funne i høvesvis 6, 26 og 13 hobbyfjørfeflokkar. Dette kan representere ein potensiell risiko for kommersielle fjørfeflokkar.
Det var eit stort utbrot med lungebetennelse hos moskus på Dovre, der Veterinærinstituttet i etterkant med hjelp av avanserte molekylærbiologiske verkty, har identifisert årsaka til sjukdommen – ein bakterie som truleg stammar frå sau.
Veterinærinstituttet leverte ei lang rekkje høyringssvar og større faglege vurderingar i 2012, dei fleste til Mattilsynet.
Helseovervaking
Veterinærinstituttet overvaker helsetilstanden hos dyr og fisk og fôr- og mattryggleiken. Det er i 2012 jobba med å undersøkje korleis overvakingsprogram kan bli meir risikoorienterte, slik at kostnadseffektiviteten kan auke.
I 2012 har overvakinga av Schmallenbergvirus auka både hos dyr og i insektvektorar. Kunnskapen om kva rolle vektorar som hjortelusflue og flått spelar for sjukdomsoverføring til dyr og menneske, er styrkt gjennom aktiv forsking i samarbeid med humane forskingsmiljø.
Veterinærinstituttet nyttar også prøvematerialet som kjem inn til laboratoriet frå ulike brukarar til overvaking. Dette er særleg viktig for å oppdage nye sjukdommar.
Fôr- og mattryggleik
Veterinærinstituttet gjennomførte analysar i to prosjekt på oppdrag for Mattilsynet, eit om Listeria i importert ost og eit om smitteemne i grønt. Det blei gjort nokre få funn. Nokre tilfelle av sjukdom hos menneske blei og følgt opp ved at Veterinærinstituttet analyserte prøver av mat.
I 2012 blei det i havre funne mykje mykotoksiner (soppgifter) som kan føre til sjukdom hos dyr og menneske, og soppen mjøldrøye som kan gje store lidingar hos dyr, blei funne i fôr.
Veterinærinstituttet vidareførte sin aktivitet innan GMO. Det er krevjande å følgje utviklinga i den internasjonale marknaden med oppdaterte metodar for å oppdage GMO.
Dyrevelferd
Kunnskapen til Veterinærinstituttet innan dyrevelferd har vore mykje nytta i rådgjeving til styresmaktene i 2012. Veterinærinstituttet har også hatt fleire store oppgåver med å kartlegge dødsårsaka til dyr i samband med dyrevelferdsaker og gjort ulike rettsmedisinske undersøkingar.
Kompetanseutvikling innan dyrevelferd er viktig. Instituttet leiar eit stort internasjonalt forskingsprosjekt og har fleire stipendiatar.
Veterinærinstituttet har vidareført drifta av sekretariata for NORECOPA og for Rådet for dyreetikk.
Referansefunksjonar og kvalitetssikring
Veterinærinstituttet har 28 nasjonale referansefunksjonar. Av desse dekkjer 15 sjukdommar hos landdyr, mens 10 ligg innan området fôr og mat.
Deltaking i samanliknande laboratorietestar er ein del av dei nasjonale laboratoriefunksjonane. Veterinærinstituttet deltok i 2012 i nærare 190 slike testar.
Administrative og organisatoriske tilhøve
Planlegginga av nytt bygg for Veterinærinstituttet på Ås heldt fram med full tyngde i 2012. I tillegg har ein styrkt samarbeidet med Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø og biovitskap og dei andre institutta på Campus Ås.
Budsjettframlegg 2014
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 87,998 mill. kroner i 2014. Veterinærinstituttet vil føre vidare arbeidet med å effektivisere verksemda og gjere prioriteringar innan ansvarsområdet.
Beredskap, diagnostikk og rådgjeving
Kvalitetssikra diagnostikk er grunnleggjande for dei oppgåvene som Veterinærinstituttet har innan beredskap, overvaking og oppklaring av sjukdomstilfelle, kunnskapsutvikling og som nasjonal referanseinstitusjon.
Arbeidet med beredskap, helseovervaking, dyrevelferd og forsking blir vidareført på bakgrunn av utviklinga i oppgåvemengd og etterspørsel etter tenestene til instituttet dei siste åra. Instituttet vil styrkje beredskapsevna innanfor biotryggleik.
Veterinærinstituttet vil vidareutvikle den landsdekkjande beredskapsevna gjennom å auke harmonisering av diagnostikken og samhandling i kriser der dei regionale laboratoria blir godt inkluderte. Instituttet vil prioritere å utvikle og ta i bruk nye laboratoriemetodar for trugande og eksisterande alvorlege sjukdommar, slik at Mattilsynet kan få raske og sikre resultat ved utbrot.
Overvaking
Globalisering, klimatiske endringar og endra produksjonstilhøve kan gje endra sjukdomsbilete. Veterinærinstituttet vil vere budd på at nye sjukdommar kan bli introdusert i Noreg. Instituttet vil framleis overvake helsa til husdyra slik at nye sjukdommar kan bli oppdaga så raskt og sikkert som mogleg. Arbeidet med zoonosar og nye smittestoff som kjem til landet, vil ha høg merksemd.
I tillegg vil viltlevande dyr vere eit reservoar for nye sjukdommar og zoonotiske smittestoff. Overvaking av viltlevande dyr med tanke på sjukdommar som kan smitte til andre viltlevande dyr, husdyr eller menneske, vil difor halde fram.
Referansefunksjonar
Veterinærinstituttet vil arbeide vidare med å utvikle si rolle med dei nasjonale referansefunksjonane. Innan zoonosearbeidet dekkjer desse funksjonane matvarer, fôr og dyr, og instituttet vil arbeide for å samle og presentere epidemiologiske data gjennom heile verdikjeda. Det er viktig at arbeidet med kvalitetssikring av laboratorieverksemda held fram, slik at diagnostikken er sikker og kan etterprøvast. Funksjonane omfattar også forsking innan fagområda.
Fôr- og mattryggleik
Veterinærinstituttet vil halde fram arbeidet med å vidareutvikle diagnostikk og kunnskap omkring smittestoff og kjemiske stoff som kan truge fôr- og mattryggleiken.
Veterinærinstituttet vil prioritere å utvikle uavhengige, vitskapleg funderte, faglege råd som set styresmaktene i stand til å utvikle lovverket, handtere og førebyggje sjukdom hos dyr og fisk og helseskadelege stoff og smittestoff i mat og fôr. Veterinærinstituttet vil arbeide vidare med å profesjonalisere si rådgjevarrolle for Mattilsynet og styrkje kompetansen innan mattryggleik. Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kunnskap omkring hygieniske forhold i biprodukt frå matproduksjon, slik at desse ressursane kan nyttast meir.
Dyrevelferd
Veterinærinstituttet vil leggje vekt på å utvikle kunnskap som kan nyttast til å fremje dyrevelferd. Instituttet vil prioritere å gje styresmaktene kunnskap innan velferd og vidareføre arbeidet med å utvikle velferdsindikatorar for husdyr. Det er også viktig med støtte til tilsynsarbeidet til Mattilsynet gjennom å utvikle gode teknikkar for å sikre dokumentasjon av brot på regelverket. Veterinærinstituttet vil halde fram med å drifte sekretariata for Rådet for dyreetikk og NORECOPA.
Kommunikasjon
Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kommunikasjon med tanke på å effektivisere kunnskapsoverføring til brukarar og allmenta. Nettsider skal leggje til rette for effektiv og målretta kommunikasjon i beredskapssituasjonar og ved formidling av forsking.
Administrative og organisatoriske tilhøve
Det vil bli lagt vekt på å utvikle organisasjonen vidare gjennom å effektivisere arbeidsprosessar og betre utnytting og utvikling av den totale kompetansen. Det vil bli lagt vekt på å vidareutvikle samarbeidet med miljøa på Campus Ås. Det blei i revidert nasjonalbudsjett 2013 gjeve startløyving til det nye Veterinærinstituttet på Ås, eit stort og viktig prosjekt som vil krevje stor innsats i åra som kjem.
Instituttet vil leggje vekt på i aukande grad å nytte informasjonsteknologi og nettløysningar for å gjere oppdatert kunnskap lett tilgjengeleg. Resultat frå overvaking og diagnostisk verksemd skal nyttast i arbeidet med å gje forskingsbaserte råd som grunnlag for tiltak innan forvaltning og næring.
Veterinærinstituttet ønskjer å yte tenester og kunnskap som medverkar til ei bærekraftig næringsverksemd, gjennom faglege råd og utgreiingar og eit godt diagnostisk tilbod.
Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk
Bioforsk er eit nasjonalt forskingsinstitutt innan landbruk og matproduksjon, plantebiologi og plantehelse, og miljø og ressursforvaltning. Instituttet får løyvingar til kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap direkte frå Landbruks- og matdepartementet og basisløyvingar frå Noregs forskingsråd over kap. 1137. I tillegg er det gjort framlegg om at Bioforsk skal motta midlar over kap. 1150, post 77, underpost 15 til konkrete prosjekt som del av oppfølging av Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel. Bioforsk er også eit prosjektorientert oppdragsinstitutt som hentar vesentlege inntekter i ein konkurranseutsett marknad, både nasjonalt og internasjonalt.
Bioforsk leverer kunnskapsstøtte til styresmaktene og ulike forvaltningsorgan for å sikre nasjonal kapasitet og beredskap innan matområdet. Beredskapsperspektivet er særleg retta mot evna til å oppretthalde ein høg nasjonal matproduksjon, standardar og tiltak som sikrar trygg og god mat. Bioforsk skal også ha beredskap for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar god norsk plantehelse, og som slik sett kan utgjere ein alvorlig risiko for norsk matproduksjon og norsk natur.
Ein viktig del av verksemda ved instituttet er også å levere kunnskap, tenester og løysingar til rådgjevingseiningane og landbruksnæringa over heile landet. Denne aktiviteten bidreg til utvikling av lokalt og regionalt næringsliv. Bioforsk har aukande internasjonal aktivitet, i første rekkje gjennom EU sine forskingsprogram og FoU-samarbeid med asiatiske land.
Bioforsk sitt hovudmål er å vere ein regional, nasjonal og internasjonal konkurransedyktig produsent av kunnskap, tenester og løysingar gjennom forsking og utviklingsarbeid. Instituttet skal bidra til auka innovasjon, betre miljøkvalitet, berekraftig ressursforvaltning og matproduksjon til nytte for næring, forbrukar og samfunn.
Formål med løyvinga
Midlar over kap. 1112, post 51 skal nyttast til Bioforsk sitt arbeid med å sikre nasjonal kompetanse og beredskap på matområdet.
Arbeidet skal medverke til:
effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet
berekraftig og miljøvennleg landbruk
klimavennleg og energiproduserande landbruk
god plantehelse
trygg mat
kommunikasjon og samfunnskontakt
Rapportering 2012
Arbeidet med kunnskapsutvikling og beredskap for matvareproduksjon og nasjonal matvaretryggleik er ein sentral aktivitet innanfor verksemda til Bioforsk. Kunnskapen som her blir skapt og kommunisert ut til styresmakter og brukarar elles, legg også til rette for faglege synergiar gjennom tilgrensande forskingsprosjekt og samarbeid nasjonalt så vel som internasjonalt. Aktivitetane er fordelt på sju temaområde.
Effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet, inkludert økologisk
Godt sortsmateriale og god dyrkingspraksis er avgjerande for effektiv plante- og husdyrproduksjon, og ein føresetnad for å nå måla om auka matproduksjon i Noreg. Bioforsk har vidareført utprøvings- og vegleiingsprogram for å skaffe til vege kunnskap og dokumentasjon om plantesortar som er tilpassa ulike produksjonar og produksjonsforhold i norsk jord- og hagebruk. Resultata er gjort tilgjengelege for Norsk Landbruksrådgjeving og andre aktørar innan matsektoren gjennom markdagar, fagmøte, fagartiklar og rapportar, og representerer eit viktig kunnskapsbidrag for effektiv og klimatilpassa planteproduksjon i heile landet. Noreg utgjer ein liten marknad for utanlandske sortseigarar, og Bioforsk har halde fram arbeidet med å utvikle metodar som passar for frøproduksjon innanlands av dei viktigaste engvekstane. Tiltak som kan bidra til å utvikle jordbruket i Nord-Noreg har vore sentrale gjennom fleire prosjekt, med vekt på mellom anna lokal mat, utnytting av utmarksressursane og ikkje minst ny merksemd på dei agronomiske utfordringane i næringa. Utvikling av kunnskapsgrunnlaget for økologisk landbruk har hatt som mål å bidra til auka produksjonspotensial. For å styrkje samanhengen mellom husdyr- og planteproduksjon, er det brukt midlar til drift av Senter for husdyrforsøk (SHF) ved UMB.
Berekraftig, langsiktig jordbruk
Samstundes med at jordbruket produserer fôr og mat, skal det framtidige produksjonspotensialet oppretthaldast. Difor er dei langvarige målingane for å klarleggje langtidsverknadene av ulike produksjonar og produksjonsmetodar på avling, jord og vatn viktige for beredskap og moglege tiltak. Resultata har gjeve grunnlag for praktisk rådgjeving og utforming av tiltak og offentlege verkemiddel for å sikre berekraftig ressursforvaltning. Det er utvikla fleire nettbaserte rådgjevingsverktøy om ulike dyrkingstekniske forhold som er viktig for ein kostnadseffektiv grovfôrproduksjon, mellom anna ei beitehandbok for styring og bruk av beiting i intensive drøvtyggarproduksjonar. Framtidig tilgang på fosfor som næringsstoff for landbruket har vore vektlagt særskilt. I den samanheng har Bioforsk bidrege med kunnskap for å auke resirkulering av fosfor frå ulike avfallsressursar, som til dømes kjøttbeinmjøl, avløpsslam og biorest frå avfallsannlegg.
Miljøvennlege produksjonsformer
Produksjonen i landbruket skal skje innanfor regelverket til styresmaktene og ha minst mogeleg negativ miljøpåverknad.
Programmet Jord- og vassovervaking i landbruket (JOVA) er eit sentralt instrument i arbeidet med erosjon, næringsstoff- og plantevernmiddelavrenning i landbruket samstundes som det og er eit viktig kunnskapsgrunnlag for internasjonal rapportering og nasjonal oppfølging av miljøbelastinga til landbruket. Kunnskap om prosessane i jord og vatn er viktig for implementering av EU sitt vassdirektiv. Bioforsk yter bistand til regionale og nasjonale landbruks- og miljøstyresmakter i deira arbeid med vassdirektivet og tilliggjande direktiv. I dette ligg også kontakt med internasjonale forskingsmiljø og forvaltningsorgan. Mogelege tiltak mot erosjon og avrenning av næringsstoff, som Bioforsk har tilgjengeleg på internett for næring og forvaltning, blir årleg ajourført opp mot ny kunnskap. I lys av klimaendringar, grøftetilstanden i jordbruket og miljøet, har Bioforsk intensivert arbeidet med å utvikle kunnskap om hydroteknikk og grøfting. For optimalisert bruk av både gjødsel og plantevernmiddel arbeider Bioforsk kontinuerleg med verknader av innsatsfaktorane på avling, produktkvalitet og miljø. Dette er kunnskap som styresmaktene nyttar i arbeidet med forskrifter og tiltak, og som produsentane sjølve har teke i bruk i sine produksjonsplanar.
God plantehelse
Friskt plantemateriale, beredskap og tiltak mot nye skadegjerarar og førebyggjande tiltak i vekstsesongen gjer det mogleg å halde bruken av kjemiske plantevernmiddel på eit lågt nivå. Bioforsk yter plantehelsefagleg bistand til Mattilsynet i forvaltninga av nasjonalt og internasjonalt regelverk nedfelt i Matloven og IPPC – International Plant Protection Convention. I dette arbeidet inngår også nasjonal representasjon i fleire internasjonale organisasjonar og ekspertpanel. Kunnskapsstøtte til Mattilsynet omfattar også agronomisk vurdering ved godkjenning av nye plantevernmiddel og bruksutviding av allereie godkjente plantevernmiddel. Bioforsk har delteke i arbeidet med ny norsk plantevernforskrift der nytt EU-regelverk (mellom anna EU-forordning 1107/2009 på marknadsføring av plantevernmiddel og EUs rammedirektiv 128/2009 på berekraftig bruk av plantevernmiddel) blir implementert. Planteklinikken i Bioforsk analyserte siste året nær 11 000 prøver, og det blei gjort fleire funn av karanteneorganismar (farlege skadegjerarar), også nokre som før ikkje har vore registrert i Noreg. Kompetansen til Bioforsk har vore eit viktig grunnlag i beredskapsarbeidet og i dei tiltaka Mattilsynet etablerer. VIPS (Varsling Innen PlanteSkadegjørere) har gjennom ny kunnskap kontinuerleg blitt vidareutvikla av Bioforsk og Norsk Landbruksrådgjeving som ei nettbasert teneste, og er eit avgjerande verktøy for stadig fleire brukarar i arbeidet med å sikre god plantehelse kombinert med redusert bruk av plantevernmiddel. Varslingsmodellane er basert på vêrdata frå lokale vêrstasjonar drifta av Landbruksmeteorologisk teneste (LMT). Både rådgjevingstenesta og bøndene sjølve støttar seg på informasjonen herifrå. Styresmakter og landbruksforvaltning i fleire land er interesserte i det norske beredskapssystemet og varslingsmodellane, og dei mogelegheiter det kan ha for å sikre god plantehelse og miljøvennleg produksjon.
Trygg mat fri for rester av plantevernmiddel og andre uønska stoff
Kjennskap til uønskte og potensielt helseskadelege stoff i maten er viktig for å sikre trygg mat og tillit hos forbrukarane. Overvakingsprogrammet i Bioforsk, som i 2012 omfatta 1 425 prøver analysert for 315 stoff, er viktig for å sikre forbrukarane mat der restar av plantevernmiddel og nedbrytingsprodukta av desse ikkje utgjer nokon risiko. Resultata blir rapportert til Mattilsynet. Bioforsk gjev også innspel til Mattilsynet om nye plantevernmiddel og prøvematerial som bør overvakast. Risiko knytt til naturlege giftstoff i planter og planteråstoff krev auka merksemd. Ei viktig gruppe er soppgifter, ofte kalla mykotoksinar, som no er ein av dei største utfordringane for kornbransjen i Noreg. Bioforsk arbeider med å utvikle matematiske modellar som gjer det mogleg å vurdere risiko for utvikling av mykotoksinar i korn basert på informasjon om klima og dyrkingsforhold. Modellane kan brukast som verktøy for avgjerder blant korndyrkarar når dei vurderer sprøyting mot omfanget av sopp i eigen kornåker. Genmodifiserte organismar (GMO) er eit anna felt kor Bioforsk har utvikla beredskapskompetanse og gjeve råd til styresmaktene. I arbeidet med trygg mat er det nært samarbeid med Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM).
Klima- og energiriktig landbruk
Landbruksmeteorologisk teneste (LMT) har som primæroppgåve å skaffe meteorologiske data frå viktige jord- og hagebruksdistrikt i landet til bruk i ulike varslingstenester og forsking. Det er vederlagsfri tilgang på data for statlege og private aktørar, mellom anna via eigen nettside og VIPS (Varsling Innen PlanteSkadegjørere). Datagrunnlaget er eit viktig grunnlag i fleire tenester som Bioforsk tilbyr, mellom anna modellar for planteskadegjerarar, grovfôrmodellen, nitrogenprognosar, vatningsinformasjon og JOVA-programmet. Mellom anna Norsk Landbruksrådgjeving er aktive brukarar av både vêrdata og mange av tenestene datagrunnlaget legg grunnlag for. Meteorologisk Institutt (MET) er ein viktig samarbeidspartnar, og ved utgangen av 2012 mottok MET data frå 52 av LMT sine vêrstasjonar. Datagrunnlaget inngår i den nasjonale vêrvarslingstenesta, mellom anna yr.no. LMT leverer også data til Jernbaneverket, Norges Geotekniske Institutt og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Karbonbinding i jord og biomasse, tiltak for reduserte utslepp og tilpassing til endra klima har høg prioritet og har inngått som sentrale tema i ein omfattande formidlingsaktivitet. Landbruket rår over ressursar som kan konverterast til energi, samtidig som klimagassutsleppa blir redusert. Bioforsk har prioritert å finne løysingar for produksjon av biogass frå husdyrgjødsel, organisk avfall og restprodukt. I dette arbeidet har Bioforsk tilgang på eit fullskala anlegg ved Bioforsk Økologisk og biogasslaboratoriet på Campus Ås. Norsk senter for bioenergiforsking er navet i samarbeidet mellom institusjonane på Ås, og med andre forskingspartnarar og ulike aktørar i oppdragsmarknaden. Bioforsk er norsk representant i IEA Task Group 37: Energy from Biogas and Landfill Gas, der det også blir rapportert om Noregs status på området.
Kommunikasjon og samfunnskontakt
Bioforsk driv eit omfattande formidlingsarbeid innanfor områda for denne løyvinga. Stadig meir av den faglege informasjonen for brukarane er no tilgjengeleg på internett. Bioforsk arbeider kontinuerleg med å oppdatere kunnskapen og gjera den meir brukarvennleg. Samstundes blir det registrert at bruken aukar. Elles er artiklar i fagpressa, nyheiter på eigen nettstad, eigne utgjevingar, og ikkje minst foredrag for ulike faglag og organisasjonar, sentrale kommunikasjonskanalar. Ein stor del av dei over 500 foredraga som forskarane heldt i 2012 hadde utgangspunkt i kunnskap frå aktivitetar knytt til kunnskapsutviklingsmidlar. Norsk Landbruksrådgjeving er ein viktig samarbeidspart i kunnskapsformidlinga til dei enkelte næringsutøvarane. Tett dialog i form av møte og annan kontakt med Mattilsynet og andre forvaltningsetatar har vore viktig for å sikre effektiv kunnskapsflyt. Den årlege Bioforsk-konferansen med rundt 500 deltakarar er også utvikla til å bli eit viktig forum for kommunikasjon og samfunnskontakt. Økologisk landbruk har hatt særleg prioritet i kommunikasjonsarbeidet, med nær halvparten av ressursane på dette temaområdet.
Budsjettframlegg 2014
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 62,823 mill. kroner i 2014.
Budsjettframlegget omfattar finansiering av kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap for landbruks- og matsektoren, hovudsakleg Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning og landbruksrådgjevinga, med særskilt fokus på nasjonalt beredskap innan matområdet.
Løyvinga skal dekkje kostnader knytt til dei ulike resultatområda, inklusiv avsetning til kompetanseutvikling og nødvendige framtidige investeringar.
Innsatsen retta mot samanhengen mellom planteproduksjon og husdyrproduksjon for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for husdyrproduksjonen skal vidareførast.
Løyvingane har følgjande seks målsetjingar:
Effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet
Bioforsk skal kontinuerleg utvikle kompetanse for auka produktivitet, betre kvalitet og lønnsam planteproduksjon under dei ulike dyrkings- og klimaforholda i Noreg. Næringa skal også ha tilgang til forskingsbasert kunnskap og rettleiing om økologisk produksjon.
Berekraftig og miljøvennleg landbruk
Bioforsk skal ha kompetanse og dokumentasjon på dei langsiktige konsekvensane av ulike dyrkingssystem og metodar for å sikre god ressursutnytting og framtidig produksjonspotensial. Forvaltninga har særleg behov for dokumentasjon om korleis variasjon i klima og dyrkingsmetodar verkar på erosjon og forureining, og kva for tiltak som kan setjas i verk. Mellom anna skal miljørisiko knytt til bruk av plantevernmiddel reduserast.
Klimavennleg og energiproduserande landbruk
Bioforsk skal ha kompetanse på omfang og effektar av utslepp av klimagassar frå landbruket og potensialet for karbonbinding i jord. Dette er grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val innanfor landbruket, samstundes som landbruket kan produsere energi av eige råstoff og anna avfallsmateriale.
God plantehelse
Bioforsk skal ha kompetanse på ulike planteskadegjerarar og ha fokus på beredskap som kan bidra til friske planter i jord- og hagebruket. Det er særleg viktig at utfordringane knytt til risiko for innføring og spreiing av nye skadegjerarar ved endringar i klima, auka handel og transport over landegrenser blir møtt.
Trygg mat
Bioforsk skal ha beredskap og kompetanse på verkemåtar og effektar av ulike plantevernmiddel og innhaldsstoff med potensielt uheldig verknad i planter. Bioforsk skal ha tilstrekkeleg kapasitet til å utføre analysar som nasjonalt referanselaboratorium.
Kommunikasjon og samfunnskontakt
Næring, forvaltning og samfunn, både nasjonalt og internasjonalt, skal ha tilgang til kunnskap frå Bioforsk, særleg kunnskap utvikla gjennom denne løyvinga.
Post 52 Støtte til fagsentra, Bioforsk
Formål med løyvinga
Aktivitetane under posten skal bidra til å nå måla om lokal og regional næringsutvikling innan landbruk og miljø (FMLA)i nært samarbeid med Fylkesmannens landbruksavdeling i dei aktuelle fylka. Bioforsk har tre fagsenter: Bioforsk Vest Fureneset, Bioforsk Nord Tjøtta og Bioforsk Jord og miljø Svanhovd. Dei viktigaste samarbeidspartnarane for fagsentera er Fylkesmannens landbruksavdeling, Fylkesmannens miljøvernavdeling, Fylkeskommunane, lokalt og regionalt næringsliv, kommunar og organisasjonane i landbruket. Det er også eit aukande samarbeid med andre FoU-institusjonar både regionalt og nasjonalt.
Rapportering 2012
Bioforsk Vest Fureneset har hovudaktiviteten knytt til landbruket på Vestlandet og miljørelatert FoU i nært samarbeid med andre einingar i Bioforsk og andre FoU-miljø. Prioriteringar av dei regionale fagsenteroppgåvene blir årleg gjort i samråd med dei tre FMLA på nordvestlandet.
Dårleg drenert jord er ei utfordring som påverkar arealproduktiviteten negativt. Fagsenteret har lagt vekt på dette gjennom kunnskapsoppbygging og formidling. Siv, eit aukande problemugras i eng og beite, og overvintring i eng sett i samanheng med klimaendringar, er tema i FoU-prosjekt. Ein har funne samanhengar mellom bladvekst om hausten og fotosyntetisk aktivitet, noko som kan bidra til å forstå mekanismane bak vekstavslutting om hausten. I lite tilpassa grasartar som fleirårig raigras og raisvingel, fører mangel på vekstavslutting til dårleg overvintring. Begge artane er interessante i eit klimaendringsscenario med lengre vekstsesong.
Gjennomgang av arealstatistikken over jordbruksareal i drift og omfang av beiting på nordvestlandet syner store endringar. Utgreiing av arealekstensiv beitebasert kjøttproduksjon på sau og storfe har vore eit viktig kunnskapsgrunnlag for å auke fôropptaket frå inn- og utmark, og dermed redusera attgroing av verdfull kulturmark og restareal. Betring av kunnskapsgrunnlaget ved forvaltning av kystlynghei som truga naturtype har vore sentralt i arbeidet dei siste åra, og ein har særleg sett på regional variasjon i revegeteringsdynamikk etter lyngsviing og på kystlynghei som beiteressurs for utegangarsau på heilårsbeite. I verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap er Fureneset involvert i utvikling og gjennomføring av eit langsiktig overvakingsarbeid for regional forvaltning, der ein også ser på effekten av verkemiddelbruken. Synergieffektar av fagsenterverksemda har lagt grunnlag for regionale oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning og Statens landbruksforvaltning. Fureneset har samarbeidd med Norsk Landbruksrådgjeving og FMLA om utviklingsarbeid og formidling innan jord- og plantekultur og kulturlandskap.
Aktiviteten til Bioforsk Nord Tjøtta er knytt til ulike område innan arktisk landbruk- og miljørelatert FoU, i nært samarbeid med fleire av dei andre einingane i Bioforsk. Det siste året har vore prega av eit solid og omfattande samarbeid med regionale aktørar både innan næring, forvaltning og FoU. Fagsentermidla som blei nytta i nær dialog med Fylkesmannen i Nordland, har gjeve gode synergiar ved at dei har løyst ut omfattande regionale midlar, til dømes frå fylkeskommune, Fylkesmannen og Regionale forskingsfond. Av resultat i 2012 kan ein nemne bidrag til auka økologisk kjøttproduksjon gjennom forsøk med gamalnorsk sau som beitedyr i verdifulle kulturlandskap. Arbeid med betre standardkrav knytt til rovdyravvisande gjerde har medverka til minska tap av dyr på beite. Forsøka med å utvikle og utprøve elektronisk utstyr til overvaking av reinsdyr er ført vidare, og legg grunnlag for meir berekraftige driftsrutinar i reindrifta. Innan storfe- og mjølkeproduksjon har ein sett i gang eit prosjekt knytt til overgang frå båsfjøs til lausdriftsfjøs. Dette arbeidet tek sikte på å betre både dyrehelse, dyrevelferd, arbeidsmiljø og økonomi, i samband med overgangen til lausdriftsfjøs og bruk av mjølkerobotar. Studietilbod innan regional mat og matkultur som blei gjeve i samarbeid med Høgskolen i Nesna, er utvida og bidreg mellom anna til auka kompetanse og aktivitet hos serveringsverksemder og småskala matprodusentar. Det er også arbeidd med utvikling av nettverk og samarbeid mellom serveringsverksemder i regionen, noko som har utløyst eit meir heilskapleg tilbod. Arbeidet med vegetasjonskartlegging og skjøtselsplanlegging i Vegaøyan verdsarv og ei rekkje andre stader i Nordland, har ført til auka satsing innan beite og slått i desse områda. I tillegg har arbeidet med skjøtselsplanar indirekte lagt grunnlag for ei meir berekraftig turistnæring i desse områda.
Forsøk med måling av lystgass i eng er vidareført og har gjeve ny kunnskap med sikte på å minske utsleppa av miljøgassar i landbruket. Fagsenteret har hatt aukande aktivitet retta mot hestenæringa i Nord-Noreg. Arbeidet tek mellom anna sikte på å avdekkje utfordringar og kva som er mogleg med tanke på auka bruk av hest i kombinasjon med reiselivstilbod og grøn omsorg. Det har vore aukande aktivitet knytt til kunnskapsformidling gjennom foredrag, fagartiklar, rapportar, utgjeving av faktaark, kronikkar med meir. Dette har gjeve næringsaktørar, forvaltning og allmenta auka kunnskap på landbruks-, mat- og miljøområdet.
Bioforsk Jord og miljø Svanhovd har natur-, miljø- og landbruksfag i Barentsregionen som arbeidsfelt og er knutepunkt for norsk-russisk FoU- og miljøvernsamarbeid i grenseområda. Svanhovd er europeisk leiande på DNA-analysar, bestandsvurderingar og forvaltningsstøtte på brunbjørn. Svanhovd driv eit ISO-akkreditert DNA-laboratorium, ein botanisk hage, eit nasjonalparksenter og eit konferansesenter. Fagsentermidlane har bidrege til å utløyse lokale – regionale og nasjonale prosjekt, og har sikra basis for drift av den botaniske hagen og formidling frå senteret sitt kjerneområde. Midlane har også sikra jamleg stell av departementets jordbrukseigedommar.
I den botaniske hagen er det mellom anna i gang utprøving av vinterherdige roser. Hagen fungerer også som genbank for truga artar og andre artar ein ønskjer å ta vare på i levande form. For småskaladyrkarar blir det arrangert kurs i hagestell og dyrking av grønsaker tilpassa nordleg klima.
Svanhovd leiar eit stort utviklingsprosjekt for fugleturisme i Finnmark kor 30 reiselivsverksemder deltek. Svanhovd har også arbeidd med oppgåver relatert til EU sitt rammedirektiv for vatn. Svanhovd blei miljøsertifisert i 2012.
Det blei gjennomført omfattande formidling, kursing og opplæring av ulike alders- og brukargrupper i natur-, landbruk og miljøspørsmål og rovdyrproblematikk i 2012, mellom anna i regi av Øvre Pasvik nasjonalparksenter.
Budsjettframlegg 2014
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 17,873 mill. kroner i 2014.
Fagsentra skal bidra til lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø. Dei skal vere regionalt forankra og gjere det enklare for lokale næringsaktørar å byggje opp kompetanse og utvikle og ta i bruk nye metodar for produksjon. Fagsentra bør auke samarbeidet med regionale og nasjonale FoU-institusjonar og styrkje formidlingsverksemda.
Kap. 4112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
30 | Husleige, Bioforsk | 18 850 | 18 893 | 19 180 |
Sum kap. 4112 | 18 850 | 18 893 | 19 180 |
Post 30 Husleige, Bioforsk
Ein stor del av eigedommane som blir nytta av Bioforsk, inngår i leigeavtale med staten ved Landbruks- og matdepartementet, som gjeld til 1.1.2016. Leiga blir justert etter endringar i mengda eigedommar i avtalen med 80 pst. av konsumprisindeksen (KPI) årleg. Departementet gjer difor framlegg om ei samla husleige på 19,180 mill. kroner for 2014.
Kap. 1115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 1 233 759 | 1 200 266 | 1 227 673 |
22 | Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser | 9 356 | 9 323 | 12 600 |
23 | eSporingsløysinga, kan overførast | 6 397 | 3 099 | |
71 | Tilskott til erstatningar, overslagsløyving | 4 169 | 1 131 | 4 200 |
Sum kap. 1115 | 1 253 681 | 1 213 819 | 1 244 473 |
Post 01 Driftsutgifter
Organisatoriske forhold
Mattilsynet vidareutvikla i 2012 systema for mål- og resultatstyring. IKT er eit strategisk verkemiddel for å løyse samfunnsoppdraget til Mattilsynet på ein effektiv måte. Mattilsynet blir, som mange andre offentlege verksemder, ei stadig meir IKT-intensiv verksemd. Mattilsynet har også i 2012 prioritert å vidareutvikle Mattilsynets digitale tilsynssystem (MATS) med vekt på å forbetre løysingane og å gjere systemet meir brukarvennleg. Det har særleg vore merksemd på å forbetre datakvaliteten i MATS og løysingane for automatisert datafangst.
Risikostyring er eit viktig grunnlag for Mattilsynet. Røynsla til Mattilsynet er at risikostyring egnar seg godt som grunnlag for å vurdere overordna prioriteringar, både nasjonalt og regionalt. Det blei våren 2012 utarbeidd eit nytt overordna risikokart.
I 2012 har Mattilsynet lagt vekt på å forbetre og sikre kvaliteten både i planlegging og gjennomføring av store innkjøp, mellom anna rammeavtalar for kjøp av laboratorietenester, IKT-utstyr, telefoni/WAN og leige av bil.
Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling
Som det er gjort greie for i NOU 2012: 2 Utenfor innenfor står Mattilsynet truleg for den kvantitativt største delen av arbeidet med å gjennomføre EU/EØS-reglar i norsk rett. Mattilsynet følgjer opp europapolitikken til regjeringa. Mattilsynet har etablert gode rutinar for tett dialog med departementa om relevans, prioriteringar og norske posisjonar, og har halde fram arbeidet med å optimalisere prosessane. Mattilsynet freistar å avklare viktige norske posisjonar så tidleg som råd, er opne om arbeidet, og legg vekt på å få til ein god dialog med interessentgrupper om regelverksarbeidet i Brussel.
Gjennomføring av EØS-regelverk i norsk rett var høgt prioritert saman med utvikling av nasjonalt regelverk på områda fiskehelse, dyrevelferd og drikkevatn. I 2012 blei det fastsett 126 forskrifter på Mattilsynet sitt forvaltningsområde. Av desse var 111 EØS-baserte, mens 15 var nasjonale forskrifter. Delen av EU-rettsakter som blei gjennomført innan fristen var nær 80 pst. i 2012. Dette var ein monaleg auke frå tidlegare år.
Forskrifter som gjennomfører EU-forordningar i norsk rett, er ei utfordring for brukarane. Regelverket er til dels spreidd på mange forordningar og mange av desse er vanskeleg tilgjengelege for brukarane. Mattilsynet har samarbeidd med Lovdata om å utvikle eit verktøy kalla regellesehjelp, som skal gjere det enklare å lese forordningsforskrifter. Regellesehjelp blei lansert tidleg i 2013.
Mattilsynet koordinerer Noreg sitt arbeid i Codex Alimentarius Commission (næringsmiddel), Verdas dyrehelseorganisasjon OIE (dyrehelse) og den internasjonale plantekommisjonen IPPC (plantehelse). Det er lagt vekt på samarbeid med EU og andre alliansepartnarar for å utvikle ei strategisk tilnærming og ta i vare norske interesser.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Mattilsynet har også i 2012 lagt vekt på høg tilsynsproduksjon og kvalitet i gjennomføringa av tilsynet. Tilsynsproduksjonen låg på om lag same nivå som åra før. 2012 var første året der ein hadde eit samla grunnlag for å rapportere på verkemiddelbruk og etterleving av regelverk. Områda fiskehelse, dyrevelferd og drikkevatn blei prioritert i tråd med det som blei lagt til grunn i Prop. 1 S (2011–2012) for Landbruks- og matdepartementet.
Mellom anna som oppfølging av forvaltningsrevisjonen til Riksrevisjonen, har Mattilsynet arbeidd med å utvikle eit meir einskapleg tilsyn med særleg vekt på utøving av fagleg skjønn og bruk av verkemiddel. Dette har vore sentrale tema i utviklinga av kompetanse hos tilsynspersonellet. MATS er eit sentralt verktøy i utføringa og utviklinga av tilsynet.
Mattilsynet har også arbeidd for å forbetre klagehandsaminga. Mellom anna blei det teke i bruk eit felles register for klagehandsaming som legg til rette for kunnskapsdeling i organisasjonen. Ein har også styrkt den interne faglege styringa i tilsynet, mellom anna ved å involvere nasjonale og regionale fagfora betre i samordninga av tilsynet.
Mattilsynet legg vekt på å gjennomføre nasjonale og regionale tilsynsprosjekt. Prosjekta gjer det mogleg med ein målretta og koordinert innsats på dei prioriterte områda, og dei er viktige for å vidareutvikle tilsynet. Prosjektresultata gjev verdifull og samordna informasjon om bruk av verkemiddel og etterleving av regelverk på dei prioriterte områda. I to av tilsynsprosjekta blei det lagt særleg vekt på å bruke revisjon som tilsynsmetode.
I løpet av 2012 gjennomførte Mattilsynet sine to første nasjonale brukarundersøkingar. Tema var korleis brukarane forstod Mattilsynets kommunikasjon ved tilsyn. Totalt deltok om lag 3000 verksemder innanfor havbruksnæringa og serveringsnæringa. Resultata frå desse undersøkingane har gjeve verdifulle bidrag til utvikling av tilsynet.
Som eit ledd i å modernisere og effektivisere tilsynet er Mattilsynet oppteken av å nytte andre tilsynsmetodar enn det tradisjonelle tilsynet med verksemder. På fiskehelseområdet blir til dømes ein del av tilsynet utført på bakgrunn av register og innsendt dokumentasjon. Mattilsynet legg også vekt på auka samarbeid med andre etatar og aktørar.
Mattilsynet er ein beredskapsorganisasjon og arbeider jamt med å utvikle beredskapen. Alle nivå i organisasjonen legg stor vekt på å gjennomføre øvingar med tanke på å vere budd om det oppstår reelle hendingar. Mattilsynet rapporterer at det i 2012 blei gjennomført i alt 86 øvingar fordelt på stabsøvingar, varslingsøvingar og loggøvingar. To av øvingane var særleg omfattande; ei todagars saneringsøving i samarbeid med Sivilforsvaret og ISS og ei nasjonal øving (Tempest 2012) for dyresjukdommen munn- og klauvsjuke. Mattilsynet sette nasjonal stab ved tre hendingar i 2012.
Arbeidet med å motarbeide og avgrense ulike fiskesjukdommar har særleg vore retta inn mot Pankreas-sjukdom (PD) og lakselus. Utbrot av PD i sona som skal vere fri frå sjukdommen, kravde stor innsats frå Mattilsynet for å hindre spreiing. For å hindre at PD spreidde seg til Nordland, blei det laga ei ny soneforskrift for PD-virustypen SAV2. Utviklinga når det gjeld lakselus i oppdrettsanlegg har vore positiv. Mattilsynet har også i 2012 pålagt næringa å gjennomføre ei felles avlusing på våren for å redusere smittepresset frå lus på utvandrande villsmolt.
Tilsyn på fôrområdet viste få overskridingar av grenseverdiane for smittestoff og framandstoff i fôrvarer. Verksemdene tek også eit stort tal prøver for salmonella i fôr i samband med pålagt internkontroll.
Også på området dyrevelferd var det stor aktivitet. Fleire regionale tilsynsprosjekt blei gjennomført. Tilsynet med kjæledyr og hobbydyr har vore utfordrande. Mattilsynet har hatt særleg merksemd på å følgje opp rovdyrforliket med omsyn til dyrevelferd for sau på beite og elles prioritert dyrevelferd for rein, pelsdyr og fjørfe. I 2012 kom det inn 6786 meldingar om dårleg dyrevelferd ved hjelp av varslingsknappen på heimesidene til Mattilsynet, ein auke på 12 pst. frå 2011. Distriktskontora følgjer opp meldingane.
I 2012 blei det gjennomført eit nasjonalt tilsynsprosjekt om drikkevatn med særleg merksemd på leidningsnettet. Prosjektet blei gjennomført ved 500 revisjonar.
Resultata viser at mange vassverk har eit stort forbetringspotensial når det gjeld vedlikehald og å arbeide førebyggjande for å sikre god styring og kontroll med kvaliteten på vatnet i leidningsnettet. Mattilsynet peiker på at mange vassverk har merksemda retta mot tekniske forhold, og i mindre grad mot andre forhold som er viktige for helsa.
Arbeid knytt til eksport av norsk sjømat har kravt særskilt innsats i 2012. Eksporten av norsk sjømat auka også i 2012. Det siste tiåret er produksjonen og eksporten av laks og aure dobla. Landa Noreg eksporterer til, stiller stadig strengare krav til Mattilsynet sitt tilsyn både når det gjeld å dokumentere etterleving av norsk regelverk og eksportlandet sitt regelverk. Krav frå styresmaktene i Russland har kravt særskilt innsats frå Mattilsynet.
Næringsmiddelområdet har vore prega av diskusjonar om villeiande merking. Mattilsynet har gjennomført tilsynsprosjekt retta mot særskilte område.
Tilsynet med serveringsstader blei gjennomført i same omfang som i 2011. Det er størst utfordring med regelverksetterlevinga i dei største byane, særleg når det gjeld krava til hygiene og kompetanse. Mattilsynet samarbeider tett med andre etatar i samband med tilsyn i mange byar. Pilotprosjektet med ei smilefjesordning i Møre og Romsdal og Trøndelag blei ført vidare.
Kommunikasjon
Kommunikasjon blir nytta som eit strategisk verkemiddel for å nå effektmåla til Mattilsynet.
Mattilsynets nettenester er hovudkanalar for å gjere viktig informasjon tilgjengeleg for brukarane. Moglegheitene befolkninga har til å ta informerte val, blei styrkt då ein ny versjon av nettenesta matvaretabellen.no blei sett i drift i 2012. Utviklinga av den nye versjonen av mattilsynet.no heldt fram i 2012. Den nye nettenesta blei lansert tidleg i 2013.
Verksemda til Mattilsynet har stor offentleg interesse. Det var om lag 14 000 oppslag om Mattilsynet i norske massemedia i 2012. I lys av dette satsar Mattilsynet på ein mest mogleg profesjonell kontakt gjennom ei ordning med pressevakttelefon. I 2012 gjennomførte mange medarbeidarar interne medietreningskurs. I alle viktige saker er det også utvikla medieplanar som skal syte for at bodskapen blir konsistent.
Statusen på effektmåla
Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Førekomsten av sjukdom som skuldast smittestoff i mat og drikkevatn er i Noreg lågare enn i andre land. Noreg har også god status når det gjeld sjukdommar som kan smitte mellom dyr og menneske (zoonosar), mellom anna gjennom mat eller drikkevatn. Førekomsten av smittestoff i mat og husdyr i Noreg er framleis relativt låg. Matvarer frå dyr er mindre viktig som smittekjelde enn i dei fleste andre i-land. Ikkje-desinfisert drikkevatn er meir viktig som smittekjelde enn i dei fleste andre i-land.
Tal frå Folkehelseinstituttet viser at det samla talet på meldte tilfelle av matborne infeksjonar i 2012 hadde ein svak nedgang samanlikna med 2011. Det er ikkje råd å seie noko sikkert kva som er årsaka til at talet på meldte tilfelle varierer. Delen av dei meldte tilfella av matborne infeksjonar som er smitta innanlands, er framleis låg for dei fleste meldepliktige infeksjonane. Ein stor del av dei meldte tilfella, har blitt smitta under opphald i utlandet.
Campylobacteriose og salmonellose er dei to matborne infeksjonane som blir oftast meldte, både i Noreg og i andre europeiske land. I 2012 blei det meldt frå til Folkehelseinstituttet om 2933 tilfelle av campylobacteriose hos menneske i Noreg mot 3005 tilfelle i 2011. Det blei meldt om 1371 tilfelle av salmonellose hos menneske i 2012 mot 1290 tilfelle i 2011. For campylobacteriose var delen som var registrert smitta i Noreg 38 pst. mens denne delen for salmonellose var 19 pst. For begge desse sjukdommane var talet på meldte tilfelle som var smitta innanlands, høgast på sommaren. Det tyder på at inntak av ikkje-desinfisert drikkevatn på hytter og ute i friluft kan vere ei viktig årsak til smitte innanlands.
Enterohemorragiske E. coli (EHEC) er ein farleg variant av tarmpatogene E. coli-bakteriar. EHEC er eit aukande problem i industrilanda. Talet på EHEC-tilfelle i Noreg har auka jamt over dei siste 10 – 15 åra. I 2012 auka talet på meldte tilfelle av EHEC i Noreg til 75, mot 47 meldte tilfelle i 2011 og 52 i 2010.
Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, er det kvart år fleire større og mindre utbrot av matboren sjukdom. Talet på varsla utbrot har vore relativt stabilt dei siste åra. I 2012 blei det varsla 43 utbrot der det var mistanke om smitte gjennom mat.
Ein stor del av befolkninga er tilknytt store vassforsyningssystem og får hovudsakleg drikkevatn av god mikrobiologisk kvalitet. Resultata frå eit nasjonalt tilsynsprosjekt i 2012 viser likevel at vassverka har stort forbetringspotensial i det førebyggjande arbeidet og når det gjeld rutinane for internkontroll og beredskap. Det er særleg utfordringar når det gjeld mindre vassforsyningssystem. Leidningsnettet for vatn og avløp er også ei utfordring. Leidningsnettet i mange område er gammalt og har store lekkasjar. Utbreidd bruk av overflatevatn som råvatn er også ein risikofaktor for spreiing av sjukdommar som campylobacteriose og salmonellose.
Overvakinga av mykotoksin (muggsoppgifter) i fôr og næringsmiddel og andre kontrolltiltak syner at delen av prøver med overskriding av grenseverdiane er på eit stabilt lågt nivå. Ut frå analyser av kornvarer på den norske marknaden for ulike mykotoksin i perioden 2008–2012 bad Mattilsynet Vitskapskomiteen for mattryggleik om ei risikovurdering når det gjeld mattryggleik og mykotoksin i korn. Rapporten blei lagt fram tidleg i 2013.
Analysar for restar av plantevernmiddel i vegetabilske og animalske produkt viser at delen av prøver med overskriding av grenseverdiane er liten og hovudsakleg knytt til importerte varer. Det blei til saman teke ut 1425 prøver som blei analysert for 315 forskjellige virkestoff.
Overvakinga av framandstoff i vegetabilsk mat, animalsk mat og sjømat viser små endringar samanlikna med åra før. Utviklinga når det gjeld framandstoff i sjømat frå hamner og fjordar, blir følgd opp med kosthaldsråd.
Målet om å fremje god helse hos planter, fisk og landdyr
Plantehelse
Plantehelsa i Noreg er god. I 2012 har det vore utbrot av enkelte alvorlege planteskadegjerarar som har blitt motarbeidd på ein effektiv måte. Funn av sjukdommen heksekost på epletre hos sentrale planteprodusentar er i denne samanhengen spesiell. Funna har avdekt store svakheiter i norsk foredlingsarbeid. Foredlinga skjer hos få aktørar.
Fiskehelse
Noreg er fri for mange av dei sjukdommane Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) har listeført for akvatiske dyr. Av 26 listeførte sjukdommar er fem påvist i Noreg dei siste 10 åra. Fiskehelse var eit prioritert område i 2012, og Mattilsynet har halde fram arbeidet med å motverke og avgrense fiskesjukdommar. Påvisning av ein ny variant pankreassykdom (PD) til område nord for Hustadvika var det mest alvorlege utviklingstrekket i 2012. I 2012 var det to påvisningar av infeksiøs lakseanemi (ILA) i Møre og Romsdal. Noreg har igjen fått fristatus for viral hemoragisk septikemi (VHS) etter ubrota på regnbogeaure i 2007 og 2008 i Storfjorden. Situasjonen når det gjeld lakselus hos oppdrettsfisk har betra seg dei tre siste åra. Nivået av lus i anlegga har gått ned og regelverksetterlevinga er god. I dei mest belasta områda var lakselussituasjonen på villfisk ikkje så god som ønskja.
Dyrehelse
Husdyrhelsa i Noreg er god, men det er ein tankevekkjar at ein sjukdom som Schmallenberg-virus spreidde seg så raskt i Noreg. Hittil har ikkje dette ført til vesentlege produksjonstap. Schmallenberg-virus blir overført med vektor. Sannsynleg smitteveg er infisert sviknott frå Danmark. Dette viser at Skagerrak ikkje er ein barriere mot spreiing av vektorsjukdommar.
Mattilsynet er uroa over helsesituasjonen i norsk hobbyfjørfehald. I 2012 blei det registrert 26 utbrot av infeksiøs bronkitt. Det blei ikkje registrert utbrot av sjukdommen i kommersielt fjørfehald, men situasjonen i hobbyfjørfehaldet er ein betydeleg risiko for norsk fjørfenæring.
Sjukdomssituasjonen hos norske kjæledyr er vesentlig forskjellig frå mange europeiske land, særleg i Sør- og Aust-Europa. Aktuelle sjukdommar (zoonosar) medfører smittefare for både dyr og menneske. Import av kjæledyr frå desse landa medfører difor risiko for innførsel av framande smittestoff. Dette gjeld særleg import av gatehundar med auka risiko for innførsel av rabies og dvergbendelorm. Omfanget av import av kjæledyr frå visse område er no så stor at det statistisk sikkert vil utgjere ein auka risiko for både dyrehelsa og folkehelsa.
Ein viktig føresetnad for god fiske- og dyrehelse er tilgang på fôr utan smittestoff og framandstoff. Kontrollresultata gjennom fleire år viser få brot på grenseverdiane som gjeld for desse stoffa.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Dyrevelferda i Noreg er generelt god i forhold til andre land det er naturleg å samanlikne med. Det er likevel nokre klare utfordringar, særleg i dei intensive produksjonane. Samtidig er det viktig å peike på at «industrialiseringa» av husdyrproduksjonen har kome mykje lenger i andre land enn i Noreg.
Landdyr
Reduksjon i talet på sau som blir erstatta grunna rovvilt heldt fram også i 2012. Det har vore eit godt samarbeid med miljøforvaltninga i arbeidet for å redusere tap av sau på beite som følgje av rovviltangrep. Likevel er det framleis store område med til dels omfattande tap. Mattilsynet har vore i dialog med miljøforvaltninga for å bidra til at dyrevelferda blir vektlagt enda sterkare.
Tilsyn med tamrein viser mykje av dei same utfordringane som tilsyn med småfe på beite. Reindrifta i sørsamiske område har særleg store tap. Ei av utfordringane er etablering av forvaltningsområde for jerv innanfor kalvingsområda for tamrein. I Finnmark er det fokus på at talet på rein totalt sett for beiteområdet er for høgt.
Mattilsynet er, mellom anna ut frå funn i regionale tilsynsprosjekt, uroa over utviklinga i hestehaldet. Mange hestar blir eigd eller halden på ein måte som ikkje sikrar dyra tilfredsstillande miljø og stell.
Talet på brannar i husdyrrom er framleis høgt, sjølv om utviklinga har flata noko ut. Svinehald er framleis særleg utsett. Utvida elektrisk kontroll og termografering blir prøvd ut i eit pilotprosjekt med fleire aktørar. Førebelse resultat tyder på at dette kan vere effektive verkemiddel.
Mattilsynet har også i 2012 prioritert tilsyn med pelsdyrhaldet med i alt 245 tilsyn der 71 pst. ikkje var melde. Tilsynet blei utført med utgangspunkt i forskrift om hald av pelsdyr som blei fastsett i 2011.
Eit tilsynsprosjekt viste at dyrevelferda i slaktekyllingproduksjonen generelt ikkje er god nok. Auka merksemd på produksjonsform og oppfølging av nye reglar for tettleik av dyr i kyllingoppdrett har som mål å gje betre dyrevelferd i desse dyrehalda.
Delen dyr som døyr under transport til slakteri, var lågare i 2012 enn i 2011 for alle artar det føreligg tal for. Dette er positivt for dyrevelferda, og kan tyde på at både næringa og Mattilsynet har hatt rett og auka merksemd på problemstillinga.
Framleis er det for mange hendingar der dyr lid på grunn av menneskeleg ansvarsløyse og sjukdom. Dette gjeld både innan næringsmessig husdyrhald og i private dyrehald. Mattilsynet er uroa over at auka merksemd og oppfølging av slike hendingar, både frå forvaltninga og næringa, så langt ikkje har gjeve ønskja reduksjon.
I 2011, som er det siste året det finst tal for, var det ein reduksjon i tal på landdyr i forsøk, mens fisk, som omfattar 97 pst av forsøka, hadde ein liten auke.
Oppdrettsfisk
Dødelegheit fører framleis til store tap i norsk havbruksnæring. Dei første månadane etter sjøsetjing av smolten er dei mest kritiske. Det er stor variasjon i dødelegheit mellom anlegg og lokalitetar. For 2012 var tapa 10,2 pst., noko som er ein betydeleg nedgang frå tidlegare år. Det at fisk døyr under oppdrett er den viktigaste utfordringa når det gjeld velferda til oppdrettsfisken. I tillegg utgjer det eit økonomisk tap for produsentane. Eit prosjekt i Midt-Noreg har avdekkja at smoltkvalitet har stor betyding. Heile 38,0 pst. av dødelegheita i sjøfasen ser ut til å skuldast forhold som kan knytast til settefiskanlegget, mens 37,5 pst. av dødelegheita skuldast forhold ved lokaliteten og handtering av fisken. Berre 23,5 pst. av dødelegheita kan knytast til smitte i sjøfasen.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Kampanjen til Forbrukarrådet retta mot merking av matvarer viste at merking og marknadsføring av mat ikkje alltid er egna til å gje forbrukarane moglegheit til å ta informerte val.
Mattilsynets kontroll med import har også ført til at fleire importparti er stoppa på grunn av feil merking og ulovlege helsepåstandar.
Eit nordisk tilsynsprosjekt som blei avslutta i 2012, har vist at mange verksemder har for dårlige rutinar for merking og handtering av stoff og ingediensar som er allergene.
Det blei berre gjort eitt funn av genmodifisering i strid med regelverket i 2012. Det blei påvist ulovleg genmodifisert ris i eitt produkt importert direkte frå Kina. Funnet var i ei prøve teke ut i samband med nytt regelverk for import av ris og risprodukt frå Kina. Det blei vedteke forbod mot omsetnad av varepartiet.
Målet om å vareta miljøvennleg produksjon
Omsetnad av plantevernmiddel har variert mykje frå år til år, først og fremst grunna tilpassing av innkjøp til endringar i avgiftsnivået og prisvariasjonar på verdsmarknaden. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt, men sett i forhold til nivået i 1996/1997 har det vore ein reduksjon både når det gjeld helserisiko og miljørisiko.
Sjølv om den totale omsetnaden av plantevernmiddel ikkje er redusert dei siste åra, er bruken vridd mot preparat/stoff med lågare helse- og miljørisiko. Den auka bruken i 2011 og 2012 kom av mykje nedbør i vekstsesongen som førte til auka sprøyting mot soppsjukdommar.
Mattilsynet har delegert ansvaret for å føre tilsyn, og fatte enkeltvedtak knytt til økologisk produksjon og omsetnad til Debio. Debio gjennomførte i alt 3 391 revisjonsbesøk i 2012. Dette er om lag same nivå som i 2011.
Andre omsyn
Mattilsynet fører tilsyn med regelverket som skal medverke til at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. I 2012 blei det registrert 54 meldingar om biverknader av kosmetikk og kroppspleieprodukt mot 61 i 2011. Ei forbrukarundersøking som Mattilsynet har fått utført, tyder på at det berre er ein svært liten del av tilfella av biverknader som blir rapportert til Biverknadsregisteret for kosmetikk.
Budsjettforslag 2014
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 1 227,673 mill. kroner.
Regjeringa gjer framlegg om ei styrking av Mattilsynets budsjett på 10 mill. kroner til arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang i utlandet for norsk sjømat. Midlane skal gå til auka innsats i arbeidet med dokumentasjonsgrunnlag, utskriving av attestar og dialogen med utanlandske matstyresmakter m. v. Det er særleg viktig å kunne dokumentere mattryggleik, at norske og internasjonale reglar blir følgde, og at produktet ikkje vil utfordre smittebiletet i importlandet.
Marknadstilgang er særleg viktig for sjømatnæringa. Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at den blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har vi sett ein auke i krava til dokumentasjon på at produkta som blir eksporterte er trygge. For sjømatnasjonen Noreg er det avgjerande at Noreg kan dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda. For Mattilsynet ligg det utfordringar knytt til det store talet på marknader og i det store talet på ulike produkt.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakleg utvikla i EU. Nærare 90 pst. av alle nye forskrifter og forskriftsendringar på Mattilsynet sitt ansvarsområde er knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC) legg også viktige premissar for regelverksutviklinga. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av arbeidet i desse organisasjonane, mellom anna i Codex Alimentarius Commision sin komité for fisk og fiskevarer, der Noreg leiar arbeidet.
Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske interesser på utvalde område. Mattilsynet vil prioritere område med særlege norske interesser i regelverksarbeidet. Dette omfattar mellom anna EU sitt arbeid med å utvikle nytt felles regelverk om kontroll på matområdet og arbeidet med nytt felles regelverk om dyrehelse, plantehelse og såvarer.
Matdepartementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale fora. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med tidleg og god dialog med relevante interessentar, jf. Meld. St. 5 (2012–2013) EØS-avtalen og Norges øvrige avtaler med EU. Mattilsynet skal også bidra til at oppfølging av dei internasjonale pliktene skjer til rett tid og til at gjennomføring i norsk rett blir gjort på mest mogleg formålstenleg og brukarvennleg vis.
EU er i ferd med å utarbeide ei ny forordning om offentleg kontroll som skal dekkje større delar av matområdet enn den kontrollforordninga som gjeld i dag. Det blir i denne samanhengen vurdert ei harmonisering av finansieringa av kontrollverksemda som kan medføre auka gebyr på området. Arbeidet blir mellom anna sett i samanheng med revisjonane av regelverket om plantehelse, dyrehelse og såvarer.
Mattilsynet har i fleire år hatt særleg merksemd på å forenkle og rydde i regelverket. Framover vil dette bli gjort som del av det ordinære arbeidet med å utvikle regelverket. Mattilsynet vil auke innsatsen for å informere betre om regelverket og gjere det meir tilgjengeleg. Mattilsynet vil også leggje vekt på å fremje desse omsyna når dei deltek i internasjonal regelverksutvikling, mellom anna i arbeidsgruppene i EU.
Mattilsynet har i tillegg oppgåver med å skape gjensidig kunnskap og tillit med matstyresmakter i andre land for å leggje til rette for marknadstilgang i utlandet for norske varer.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Mattilsynet vil arbeide vidare for å utvikle eit meir einskapleg tilsyn, slik at regelverket blir tolka og handheva einskapleg i like saker og i samsvar med plikter etter internasjonale avtalar. Ved forvaltning av matlova vil omsynet til trygg mat og trygt drikkevatn bli tillagt størst vekt.
Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Mattilsynet vil ved bruk av fagleg skjønn vere løysingsorientert i møtet med verksemdene. Der regelverket stiller funksjonskrav, kan verksemdene sjølve velje ulike løysingar for å oppfylle krava. Dette er særleg aktuelt når det gjeld regelverket om hygiene.
Det er verksemdene sitt eige ansvar å kjenne til og etterleve regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med at slik etterleving skjer. Når det er nødvendig for å sikre at måla blir nådde, vil Mattilsynet nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde.
Aktiv rettleiing om regelverket er viktig. Aktiv rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er difor kjerneprodukta til Mattilsynet.
Regelverket om kontroll krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn. Regelverket legg vidare vekt på at tilsynet skal skje på det leddet i matproduksjonskjeda der effekten er størst. På mange område betyr dette at tilsyn bør skje tidleg i matproduksjonskjeda.
Omfanget av tilsyn med verksemdene blir tilpassa risikoen for og konsekvensar av regelbrot både generelt og i den enkelte verksemda. Dette krev god kunnskap om tilstanden på dei ulike områda. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering.
Mattilsynet vil også følgje opp dei pliktene til å utføre tilsyn som er fastsette i regelverket.
Mattilsynet forvaltar også regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helse hos menneske, planter, fisk eller landdyr, mellom anna regelverk som skal ivareta forbrukaromsyn som ærleg omsetnad og kvalitet. Også på desse områda er det viktig med eit målretta og effektivt tilsyn.
Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at det blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram knytt til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet. Innanfor desse rammene vil prioriteringa av kartlegging og overvaking bli tilpassa risikobiletet til ei kvar tid.
Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Mattilsynet vil arbeide for at maten og drikkevatnet skal vere trygt med omsyn til folkehelse.
Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på verksemdene sitt eige ansvar for å etterleve krava, og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med innsatsvareproduksjon og primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Dette gjeld også ved import.
Regelverket opnar for å utarbeide bransjevise retningsliner for god hygiene som kan bidra til løysingar som er tilpassa dei ulike bransjane. Utvikling av slike retningsliner er ei utfordring for enkelte bransjar. Regelverket om hygiene og kontroll stiller store krav til fagkunnskap, både hos verksemdene og i Mattilsynet, særleg for å kunne nytte den fleksibiliteten som dei nye målretta reglane gjev. Arbeidet med å halde oppe gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda krev difor kontinuerleg innsats frå verksemdene og aktiv og målretta innsats frå Mattilsynet.
Det er framleis grunn til å ha merksemd på dei hygieniske forholda i serveringsnæringa. Resultat frå pilotprosjektet med ei smilefjesordning i Trøndelag og Møre og Romsdal, har vist at etterlevinga av regelverket har blitt langt betre. Ordninga er godt motteke av forbrukarane og verksemdene. Regjeringa tek sikte på å gjere ordninga landsdekkjande, jf. prop. 1 S frå Helse- og omsorgsdepartementet, der det blir gjort framlegg om ei særskilt løyving over kap. 711, post 21.
Mattilsynet sitt tilsynsprosjekt på drikkevatnområdet viste at dårleg vedlikehald av leidningsnettet er ei av dei største utfordringane knytt til kvaliteten på drikkevatn i Noreg. Mattilsynet vil følgje opp resultata frå tilsynsprosjektet. Mattilsynet vil ta i bruk nødvendige verkemiddel overfor vassverk som ikkje etterlever krava. Regjeringa gjer framlegg om ei styrking av arbeidet på drikkevatnområdet, jf Prop. 1 S frå Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 711, post 21.
Protokollen til WHO/UNECE om vatn og helse, som Noreg har slutta seg til, krev at kvart land skal utarbeide nasjonale mål for å betre vatn- og avløpsforholda. Mattilsynet vil halde fram med å følgje opp dei pliktene Noreg har under protokollen, særleg når det gjeld arbeidet med små og mellomstore vassverk. Departementa vil også vurdere om andre tiltak må til for å nå måla.
Resultata frå fleire pilotprosjekt for tilsyn med kosttilskott har vist at mange produkt ikkje er i samsvar med regelverket og at marknaden er uoversiktleg. Mattilsynet la våren 2013 fram ein områdeanalyse for å identifisere dei viktigaste forvaltningsmessige utfordringane på området. Dette vil gje betre grunnlag for planlegging av tilsyn og hensiktsmessig bruk av verkemiddel.
Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
God plante-, landdyr- og fiskehelse er viktige føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Tiltak og rutinar i næringane for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar er viktig.
Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, landdyr og fisk framleis skal vere god. Klimaendringar og aukande internasjonal handel kan gje større utfordringar. Det er difor viktig med førebyggjande tiltak og god beredskap mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk. Dette er også viktig for å hindre utbrot av dyresjukdom, som også kan smitte over og gje sjukdom hos menneske (zoonosar). Oppfølging av det harmoniserte forenkla EØS-regelverket for innførsel av kjæledyr vil vere krevjande. Det er nødvendig med hensiktsmessig informasjon til publikum og styrkja tilsyn.
Mattilsynet vil ha merksemd på arbeidet med fiskehelse, m.a. arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus og dødelegheita i oppdrettsnæringa.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Mattilsynet vil ha merksemd på tilsynet med dyrevelferd, både for produksjonsdyr og familie- og sportsdyr. Mattilsynet vil leggje vekt på å utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremje god dyrevelferd.
Mattilsynet vil følgje opp nytt regelverk for hald av slaktekylling som gjev brukarane sterkare insitament til god dyrevelferd fordi dyretettleiken må reduserast i tilfelle der dyrevelferda ikkje er tilfredsstillande.
Lidingar hos og tap av dyr på beite har ulike årsaker og er ei stor utfordring som Mattilsynet vil ha merksemd på. For å finne gode løysingar som kan førebyggje og redusere tap på grunn av rovviltangrep, vil Mattilsynet leggje vekt på god samhandling med miljøstyresmaktene. Dette er også viktig for å følgje opp rovviltforliket i Stortinget frå juni 2011. Forliket legg til grunn at rovviltforvaltninga skal utøvast slik at det ikkje blir nødvendig med beiterestriksjonar etter dyrevelferdslova i område som er definerte som prioriterte beiteområde.
Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk rette forhold. Forbodet mot bruk av karbondioksid til bedøving av oppdrettsfisk ved slakting tredde i kraft 1. juli 2012.
Mattilsynet vil følgje opp arbeidet rundt utviklinga av den nye dyrevelferdstrategien til EU.
EU har vedteke nytt regelverk om forsøksdyr. Regelverket er til vurdering for innlemming i EØS-avtalen. Direktivet stiller strengare krav til oppfølging av verksemder som har forsøksdyr.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet skal arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon om eigenskapane til maten.
Mattilsynet vil leggje vekt på å følgje opp EU si nye forordning om matinformasjon, som vil avløyse mykje av det gjeldande regelverket om merking (sjå nærare omtale i kategori 1510). Det vil bli lagt vekt på fortsett medverknad i arbeidet med å følgje opp matinformasjonsforordninga og forordninga om påstandar om ernærings- og helseeffektar knytte til mat.
Mattilsynet har også ei viktig rolle i ernæringsarbeidet, særleg når det gjeld tilsyn med merking av næringsinnhald, ernærings- og helsepåstandar, frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelholet) og overvaking av kosthaldet og samansetninga av matvarene. Mattilsynet og Helsedirektoratet vil samarbeide om vidareutvikling av kostberegningsprogrammet Mat på data.
Innhaldet av ulovlege mengder av genmodifisert materiale i næringsmiddel og fôr på den norske marknaden, ser ut til å vere lågt. Problema knytt til sporforureining av genmodifisert materiale synest størst i fôrvarer. Mattilsynet vil føre vidare overvakinga av genmodifisert materiale i både fôr og næringsmiddel.
Mattilsynet har ansvar for tilsynet med økologisk produksjon og økologiske produkt. DEBIO fører tilsyn på vegne av Mattilsynet.
Mattilsynet skal forvalte og føre tilsyn med ordninga Beskytta nemningar. Matmerk har ansvaret for den førebuande sakshandsaminga.
Målet om å ivareta miljøvennleg produksjon
Mattilsynet vil bidra til at matlova sitt formål om å ivareta miljøvennleg produksjon blir oppfylt, mellom anna med utgangspunkt i miljøhandlingsplanen til Landbruks- og matdepartementet. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for miljøvennleg produksjon, og verkar også inn på kvaliteten på maten.
Arbeidet for å redusere risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i handlingsplanen på området. I jordbruksavtalen for 2014 er det sett av 3,8 mill kr til Mattilsynet til oppfølging av handlingsplanen, sjå kap. 1150, post 77.15.
Andre område
Dyrehelsepersonell
Mattilsynet forvaltar lovgjevinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell. I tilsynet på området vil Mattilsynet leggje vekt på at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av legemiddel.
Kosmetikk
Mattilsynet vil føre tilsyn og følgje opp arbeidet med regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. EU vedtok i 2009 ei kosmetikkforordning som erstattar det tidlegare kosmetikkdirektivet. Forordninga tok til å gjelde i juli 2013 og er gjennomført i ny norsk kosmetikkforskrift. Mattilsynet vil følgje opp arbeidet med gjennomføring av forordninga.
Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 12,6 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene for Mattilsynet til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.
Post 23 eSporingsløysinga
I åra 2007–2012 har det blitt gjennomført eit prosjekt for å forbetre sporinga av mat i Noreg (eSporingsprosjektet). Prosjektet starta opp etter E. coli-saka i 2006, der eitt barn døydde og mange blei alvorleg sjuke. Det regjeringsoppnemnte utvalet som evaluerte denne saka, peika mellom anna på svakheiter i sporinga av mat.
Prosjektet blei avslutta i juni 2012, og har omfatta ei rekkje tiltak for å betre evna til å spore mat og ingrediensar. Prosjektet har vore eit samarbeidsprosjekt mellom styresmaktene og aktørar langs heile matproduksjonskjeda, både landbasert mat og sjømat. Eit sentralt tiltak har vore utvikling av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur som kan spore mat og ingrediensar, både framover og bakover og på tvers av verdikjeder (eSporingsløysinga).
Landbruks- og matdepartementet fremja i mai 2012 ei reklamasjonssak mot leverandøren av eSporingsløysinga på grunn av eSporingsløysinga si manglande evne til å skalere. Leverandøren tok på seg hovudskulda for mangelen. Ut frå ei totalvurdering av nytte og kostnader ved ei eventuell feilretting ønskte departementet å inngå forlik med leverandøren, framfor å setje i gang arbeid med å rette i løysinga. Reklamasjonssaka blei avslutta i mai 2013 ved eit forlik mellom partane.
Det har vore ein føresetnad at aktørar i matbransjen skulle overta retten til bruke og å drifte løysinga når ho var ferdig utvikla frå staten si side. Den breie oppslutninga frå næringa var ikkje til stades då levering av løysinga nærma seg i 2012. Det blei difor ikkje vurdert som samfunnsøkonomisk forsvarleg å bruke fleire ressursar på å ferdigstille ei leveranse som ikkje ville bli brukt.
Både matbransjen og styresmaktene har brukt mykje tid og ressursar på arbeidet med å utvikle løysinga. Aktørar i matnæringa har jobba godt i eigne verdikjeder med å styrkje arbeidet med sporing av mat. Sjølv om ein ikkje lukkast med å ferdigstille ei brukbar felles IKT-løysing i eSporingsprosjektet er bransjeaktørar og styresmakter einige om at prosjektet har hatt mange positive effektar, mellom anna styrking av eigne bransjestandardar, betre rutinar, kompetanseheving og utvikling av betre interne system for sporing i dei ulike bransjane.
Det gode samarbeidet som blei etablert i prosjektperioden er vidareført i eit felles Sporingsforum som blei etablert i 2012 av Landbruks- og matdepartementet. Næringsaktørane har sjølv ansvar for å arrangere møteplassen.
Landbruks- og matdepartementet gjennomførte ei ny undersøking av sporing av mat i 2012 der resultata blei presentert i 2013. Resultata frå undersøkinga var oppløftande, men peika samstundes på utfordringar for å betre sporinga i kvar bransje.
Landbruks- og matdepartementet vil gjennomføre ei evaluering av eSporingsprosjektet.
Post 71 Tilskott til erstatningar
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 4,2 mill. kroner. På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det også bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.
Kap. 4115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Gebyr m.m. | 101 729 | 124 692 | 109 993 |
02 | Driftsinntekter og refusjonar mv. | 2 925 | 5 253 | 5 369 |
15 | Refusjon av arbeidsmarknadstiltak | 547 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 10 248 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 20 222 | ||
Sum kap. 4115 | 135 672 | 129 945 | 115 362 |
Post 01 Gebyr m.m.
På posten blir gebyrordningane under Mattilsynet ført. Dette omfattar gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.
Gebyrsatsane er klart lågare enn Mattilsynets kostnader ved å yte tenestene. Gebyrsatsane vil bli auka med om lag 5 pst. i tillegg til ordinær lønns- og prisjustering.
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar mv.
På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for annan forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel utanfor apotek, tilsyn med levande GMO, samt oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det også bli ført inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.
Programkategori 15.20 Forsking og innovasjon
Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
1137 | Forsking og innovasjon | 409 514 | 425 898 | 448 104 | 5,2 |
Sum kategori 15.20 | 409 514 | 425 898 | 448 104 | 5,2 |
Mål for landbruks- og matforskinga
Forskinga skal gjennom høg kunnskapsproduksjon bidra til å nå dei overordna landbruks- og matpolitiske måla – matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk, jf. Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken og St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen.
Både nasjonale og internasjonale utviklingstrekk er viktige bakteppe for landbruks- og matforskinga, og prioriteringane sektoren gjer på forskingsområdet. Klimaendringane påverkar dei biologiske produksjonssystema som landbruket er ein del av. I 2050 vil det truleg vere 9 mrd. menneske på jorda. FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) legg til grunn at matproduksjonen må auke med 70 pst. innan då for å sikre mat til alle. I følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) vil det i 2030 vere éin million fleire innbyggjarar i Noreg enn det er i dag. Regjeringa har i Meld. St. 9 (2011–2012) sett som mål at den landbaserte matproduksjonen skal auke i takt med etterspørselen frå den veksande befolkninga i Noreg.
Befolkningsvekst og klimaendringar inneber store utfordringar, men også betydelege moglegheiter for sektoren. Kunnskap blir viktig for å møte utfordringane og realisere potensiala. Sektoren har eit godt utgangspunkt gjennom lange tradisjonar for samarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar og kunnskapsmiljø om kunnskapsutvikling og forskings- og utviklingsarbeid. Samstundes er det viktig med eit omfattande samspel mellom landbruket og andre sektorar i arbeidet med å fremje forsking og innovasjon. Dette vil leggje grunnlaget for synergiar mellom landbruks- og matnæringane og andre næringar gjennom utveksling av kunnskap, teknologi og idear. Landbruks- og matdepartementet vil leggje vekt på god samordning av midlar til forsking frå statsbudsjettet og midlar frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt. Departementets løyvingar til forsking må også sjåast i samanheng med dei ulike innovasjonsverkemidla i sektoren, jf. nærare omtale under kat. 15.30.
Landbruket rår over eit betydeleg ressursgrunnlag som gjev potensial for økonomisk vekst innanfor ei rekkje næringar og innanfor heile verdikjeda, frå primærleddet til forbrukarane. Framover blir det særleg viktig å utvikle kunnskap om biologiske samanhengar og sikre optimal bruk av dei omfattande biologiske ressursane i sektoren. Auka kunnskap om alt frå grunnleggjande agronomi til bruk av bioteknologi i sortsutvikling og avlsarbeid vil danne grunnlag for ein meir ressurseffektiv, berekraftig og lønnsam matproduksjon. Vidare vil ny kunnskap om alternativ utnytting av fornybare biologiske ressursar leggje til rette for ny næringsverksemd og framtidig vekst i primærnæringa. Landbruks- og matforskinga skal støtte opp under ein berekraftig bioøkonomi der dei biobaserte næringane og tilhøyrande industriar står sentralt. Innovasjon Noreg sin bioøkonomisatsing og deira bioraffineringsprogram vil også vere sentralt for å leggje til rette for næringsutvikling på dette området, jf. nærare omtale under kap. 1149.
Etablering av kunnskapsklynger er eit viktig verkemiddel for kompetanse og kunnskapsutvikling. Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Hedmark utgjer, saman med miljøet på Ås, tre viktige miljø for landbruks- og matforsking i Noreg. Frå 1. januar 2014 er Noregs veterinærhøgskole (NVH) og Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) slått saman til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Den felles lokaliseringa av det nye universitetet og Veterinærinstituttet på Campus Ås, vil saman med dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta danne eit kunnskapsbasert kraftsentrum innanfor undervisning, forsking og innovasjon med basis i produksjonsretta biofag som avl, fôring/ernæring, dyrevelferd, dyrehelse/sjukdom og mat/helse. Her ligg Noregs moglegheit for å utvikle eit unikt fagmiljø innanfor desse områda, noko som vil vere av stor betyding for utvikling og konkurranseevne til eksisterande næringar som tradisjonell husdyr-/landbruksproduksjon, havbruk og næringsmiddelindustri, men også som grunnlag for å utvikle ny næringsverksemd innanfor bioøkonomien. Tilsvarande vil dei landbruksfaglege miljøa i Hamarregionen danne ei viktig kunnskapsklynge for norsk landbruk og anvendt bioteknologi.
Den felles lokaliseringa på Campus Ås legg også eit godt grunnlag for å vidareutvikle samarbeid mellom desse miljøa og Nofima. Som det største næringsretta forskingsinstitutt innan akvakultur, fiskeri og matindustri i Europa, har Nofima kompetanse som er sentral for å vidareutvikle og auke konkurranseevna i norsk næringsmiddelindustri. Instituttet bidreg også med viktig kunnskap for forvaltning og politikkutforming i landbruks- og matsektoren, mellom anna innan forskingsområda trygg og haldbar mat, prosessering og forbrukarforståing. I tillegg er den tverrfaglege tilnærminga til Nofima sentral for å ta ut det potensialet som ligg i samarbeid mellom blå og grøn sektor på matområdet, jf. også Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter. Ikkje minst gjeld dette innovasjonar for å utvikle trygge og sunne matvarer og måltid. Som ei oppfølging av Meld. St. 18 (2012–2013) vil regjeringa setje i gang arbeidet med å utarbeide ein nasjonal strategi for forsking og innovasjon på området mat, ernæring og helse. Formålet med strategien er å skape ein meir heilskapleg og koordinert innsats på området. Auka kunnskap om samanhengen mellom mat, ernæring og helse skal bidra til eit sunnare kosthald i befolkninga og med det betre helse, og leggje grunnlaget for produksjon av sunne og trygge råvarer og produkt, samt auka innovasjon og verdiskaping. Strategiarbeidet vil også vere viktig for å følgje opp regjeringa si målsetjing om betre koordinering av forsking innanfor dette området, jamfør Meld. St. 9 (2011–2012).
Auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat innanfor eit endra klima
For å nå regjeringa sitt mål om å auke den landbaserte matproduksjonen, samstundes som det skal takast nødvendige omsyn til miljø og klima, er det avgjerande å sikre god produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege landbruksareal. Kunnskap på agronomiske fagområde og klimatilpassa matproduksjon skal gje auka leveranse frå dei ulike produksjonane og vise korleis matproduksjonen blir påverka og best kan tilpassast klimaendringane. Innanfor korn- og storfekjøttproduksjon vil oppfølging av dei forskingsbehova som går fram av dei to ekspertgruppe-rapportane Økt norsk kornproduksjon – utfordringer og tiltak og Økt storfekjøttproduksjon i Norge stå sentralt. Forskinga skal også gje viktige bidrag til å oppretthalde ei god plante- og dyrehelse og god dyrevelferd i Noreg.
Auka berekraftig produksjon av skog innanfor eit endra klima
Skogressursane er fornybare, og det er eit stort potensial for auka avverking av skog som grunnlag for berekraftig verdiskaping. Klimaendringane vil påverke skogen og skogbruket når det gjeld utbreiing, vekstvilkår og introduksjon av nye skadegjerarar og driftstekniske forhold. For å ivareta og auke skogproduksjonen trengst det ny kunnskap om slik påverknad. Forsking retta mot klimatilpassa skogbruk, utvikling av klimatilpassa plantemateriale og kunnskap om ulike skadegjerarar vil vere prioriterte område. Dagens treforedlingsindustri har store vanskar i marknaden, men trevirke er eit råstoff med mange ulike bruksområde. Auka satsing på forsking og utvikling er nødvendig for å framskaffe kunnskap om alternativ utnytting av trevirke med sikte på utvikling av nye produkt og produksjonsmetodar, som eit ledd i utviklinga av bioøkonomien. Det skal i 2013 setjast i gang eit arbeid med å utarbeide ein strategi for auka konkurranseevne i skogsektoren – Skog22. Den skal mellom anna ta for seg forsking og utvikling, jf. nærare omtale i kat. 15.30.
Reduksjonar i utslepp til luft og vatn og eit høgt opptak av CO2 i skog og jord
Utslepp til luft og vatn frå landbruket og tiltak for å optimalisere opptaket av karbon i skog og jord, er nærare omtalt i St. meld. nr. 39 (2008–2009) og i Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk. Jordbruket står for omtrent åtte pst. av dei totale klimagassutsleppa i Noreg. Det er eit mål å halde utsleppa så låge som mogleg samstundes som produksjonen av mat aukar. Kunnskap som sikrar auka opptak av CO2 i skog og i jord, auka bruk av tre som bygningsmateriale og produksjon av fornybar energi, medrekna bioenergi, vasskraft og vindkraft, er avgjerande for å optimalisere sektorens bidrag i klimasamanheng. Vidare vil kunnskap som reduserer næringsstoffavrenning til vassdrag framleis ha høg prioritet.
Auka innovasjon og konkurranseevne
Ei høg innovasjonsevne i landbruks- og matsektoren er nødvendig for å oppretthalde eit aktivt og variert landbruk i heile landet, og for å sikre høg og berekraftig eigenproduksjon av trygg mat. Dette er også ein føresetnad for konkurranseevna i verdikjedene for mat og skog, og innanfor dei mange bygdenæringane. Det er eit mål å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor i heile landet gjennom å stimulere næringane i sektoren til å forske meir og til å nytte seg av andres forsking, både nasjonalt og internasjonalt. Dette er spesielt viktig for å styrkje konkurranseevna i skogindustrien og næringsmiddelindustrien, der produksjonen er basert på norske landbruksbaserte råvarer. Desse industriane er heilt avhengige av å vere kunnskapsbaserte og fornye seg gjennom innovativ produktutvikling.
Sektoren har gått gjennom store endringar på grunn av endra rammevilkår, teknologisk utvikling og ny kunnskap. Nye produkt og produksjonsmåtar, nye tenester, nye måtar å samarbeide på, nye måtar å organisere næringsverksemd på m.v. vil framover kunne gje moglegheiter for vekst i sektoren. Departementet legg til grunn at kommersialisering og innovasjon med utgangspunkt i kunnskap frå særleg Bioforsk, Skog og landskap, Veterinærinstituttet og Nofima skal aukast og vil leggje til rette for ei slik utvikling. Vidare legg departementet til grunn at samarbeidet mellom dei landbruksfaglege forskingsinstitutta og næringslivet skal utviklast vidare der siktemålet er auka konkurranseevne i heile landbruks- og matsektoren. Gjennom løyvingar til Nofima, støtter fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt opp under den langsiktige innsatsen deira for å auke konkurranseevna i matindustrien.
God kunnskapsutvikling for forvaltninga
Ei målretta politikkutforming med gode avgjerder for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Sentralt står regjeringa sitt ansvar for å sikre nok og trygg mat. Utvikling av politikk og forvaltning på dette området må vere forskingsbasert. Andre område der forsking dannar eit viktig grunnlag er dyre- og plantehelse, dyrevelferd, miljøomsyn, genetiske ressursar, verknad av økonomisk støtte til sektoren m.m. Samfunnsvitskapleg forsking skal bidra med kunnskap om landbruket si rolle, fremje lokal og regional utvikling og gje kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles. Samfunnsvitskapleg forsking vil og gje meir kunnskap om samspelet mellom politikk/forvaltning og næring og om korleis ein kan optimalisere avgjerdsprosessar i forvaltninga for at den i størst mogleg grad skal vere ein ressurs for bønder og næring.
Offentlege og private aktørar står i stor grad framfor dei same kunnskapsutfordringane på område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i sektoren. Det er difor nødvendig med god dialog mellom næring og forvaltning om forskingsprioriteringar. Siktemålet er å sjå felles kunnskapsbehov i samanheng, og at ressursane til forvaltningsforsking blir nytta effektivt.
Høg kvalitet og relevans i forskinga
Landbruks- og matdepartementet vil vidareføre arbeidet med å byggje opp under sterke kunnskapsmiljø og sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane innanfor landbruks- og matforskinga. Det er eit mål å ha ein effektiv instituttsektor i landbruket, som driv forsking av høg kvalitet og relevans, som har godt omdømme og høg internasjonal konkurransekraft.
Departementet vil vidareføre arbeidet med sikring av faglege og administrative synergiar mellom institutta og med å bidra til at sektoren får eit samla effektivt og profilert regionalt apparat med utgangspunkt i distriktseiningane til institutta. Saman med institutta arbeider departementet difor med å klargjere deira framtidige regionale roller, interne regionale samarbeidsformer og samarbeidsformer med andre regionale aktørar.
Nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse legg til rette for auka kvalitet i forskingsinstitutta i landbruket. God rekruttering og moderne infrastruktur for forskinga vil også vere viktig for å oppnå auka kvalitet.
Landbruks- og matdepartementet vil auke støtta til næringsrelevant forsking i sektoren gjennom løyvingar til program i regi av Noregs forskingsråd. Midlane skal bidra til at næringslivet styrkjer sin eigen forskingsinnsats og i større grad nyttiggjer seg den store mengda forskingsbasert kunnskap som blir utvikla både i Noreg og i andre land. Dette skal gje auka konkurranseevne i heile verdikjeda for mat, tre, energi og tenester. I tillegg til løyvingar over Statsbudsjettet er forskingsfonda til næringa innan mat og tre viktige for å støtte opp under forskingsprioriteringar i næringa.
Høg internasjonalisering av forskinga
Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet er nødvendig for å løyse felles utfordringar, heve kvaliteten på forskinga her i landet, fornye norsk forsking og for å kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. Det er difor eit mål å styrkje internasjonalt samarbeid i sektoren og norsk deltaking i EUs nye rammeprogram for forsking og innovasjon – Horisont 2020 – og andre former for forskingssamarbeid, mellom anna aktivitet knytt til ulike ERA-net (samarbeid mellom nasjonale programmer) og i ulike felles forskingsprogram (Joint Programming Initiatives – JPI). Internasjonal spisskompetanse hos forskingsmiljøa i sektoren er ein føresetnad for å delta i internasjonalt forskingssamarbeid. Vidare vil nordisk samarbeid vere viktig for å løyse felles nordiske forskingsutfordringar og som plattform for felles nordiske initiativ internasjonalt.
Effektiv kommunikasjon og formidling
Kunnskapssystema i landbrukssektoren er omfattande og består av fleire offentlege og private aktørar på ulike nivå. Det er difor nødvendig at utdannings- og forskingsmiljø, rådgjevingsmiljø, næringsaktørar, forvaltning, kommunar, fylkeskommunar, Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg m.fl. prioriterer arbeidet med å vidareutvikle eit velorganisert og effektivt system for kunnskapsformidling der rolle- og ansvarsdelinga mellom aktørane er så klar som mogleg.
Landbruks- og matforskinga må følgjast opp med målretta spreiing av kunnskap slik at resultata av forskinga raskt og effektivt når ut til aktørane som kan ha nytte av slik forsking. Formidling er difor ei viktig oppgåve for dei landbruksfaglege forskingsmiljøa. Kunnskap må bli formidla både til spesifikke brukargrupper og allmenta elles. Institutta må tilpasse formidlinga slik at forskinga raskt kan nyttast av aktuelle brukarar. Norsk Landbruksrådgjeving vil vere eit viktig bindeledd mellom kunnskapsmiljøa og primærjordbruket. Tilsvarande er Skogbrukets Kursinstitutt ein sentral aktør for opplæring og formidling i skogsektoren.
Kap. 1137 Forsking og innovasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
50 | Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd | 219 271 | 233 893 | 255 951 |
51 | Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd | 186 147 | 187 774 | 187 774 |
53 | Omstillingsmidlar instituttsektoren mv. | 4 096 | 4 231 | 4 379 |
Sum kap. 1137 | 409 514 | 425 898 | 448 104 |
Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd
Formål med løyvinga
Løyvinga skal bidra til at dei overordna landbruks- og matpolitiske måla samt delmåla på forskingsområdet blir nådde. Posten omfattar løyvingar til forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd.
Rapportering 2012
Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit felles mål- og resultatstyringssystem for tildelingar av midlar frå departementa til Forskingsrådet. Sjå Prop. 1 S (2012–2013) frå Kunnskapsdepartementet for ei nærare omtale av desse måla. I tillegg til rapportering på dei overordna måla i det felles mål- og resultatstyringssystemet, skal Forskingsrådet vurdere måloppnåing ut ifrå forskingspolitiske mål slik dei går fram av tildelingsbrev frå dei ulike departementa.
Landbruks- og matdepartementets forskingspolitiske mål er tverrgåande, og prosjekta på landbruks- og matområdet dekkjer i utgangspunktet forskingsbehova til både næring og forvaltning.
Auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat innanfor eit endra klima
Forskingsløyvingar på matområdet over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett har i hovudsak blitt disponert gjennom Forskingsrådet sitt program Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar – BIONÆR som starta opp 1. januar 2012. BIONÆR er avløysaren til Matprogrammet og Natur og Næring. Programmet si tematiske avgrensing er jordbruks-, skogbruks- og naturbaserte verdikjeder, framfor alt knytt til krinslaupstankegangen i bioøkonomien. BIONÆR finansierer både grunnleggjande og næringsretta forsking, i tillegg til strategisk arbeid med satsingsområdet bioøkonomi. BIONÆR skal utløyse forsking og innovasjon som, i tråd med bioøkonomitankegangen, fremjar Noreg som eit meir biobasert samfunn.
Ved å finansiere langsiktige kunnskaps- og kompetansebyggjande forskingsprosjekt har programmet bidrege til å byggje kompetanse på fleirfaglege område som til dømes helseeffektar av ulike matvarer, heilskapleg måltidsfokus og forbrukarpreferansar for val av sunn mat. Det har mellom anna vore gjennomført prosjekt som analyserer problemstillingar på mat- og helseområdet i eit forbrukarperspektiv, med fokus på forbrukarane sine moglegheiter for og barrierar mot å spise meir fisk og grønsaker.
Det blei innvilga 32 nye prosjekt med oppstart i 2012. Det inkluderer litt over 20 innovasjonsprosjekt og om lag 10 forskarprosjekt og kompetanseprosjekt for næringslivet. Innanfor dei fleste av fagområda til BIONÆR blei det innvilga gode næringsretta prosjekt i 2012, mellom anna eit stort prosjekt innanfor ny metodikk for kostnadseffektiv gjennomføring av genomisk seleksjon i norske avlsprogram for mjølkekyr, gris, laks og plantar. I tillegg er det starta opp eit næringsretta prosjekt innanfor inseminering for å auke kullstorleiken i produksjonen av svinekjøtt. På områda ressurs- og arealbruksutfordringar, næringspolitikk og rammevilkår i eit internasjonalt perspektiv, blei det i 2012 starta opp fire forskarprosjekt på landbruks- og matområdet.
I 2012 lyste BIONÆR også ut midlar til eit stort prosjekt (10 mill. kroner pr. år) under temaet agronomi. Grunnlaget for utlysinga var Kunnskapsstatus Betre agronomi (2010) og Klimastrategi Jordbruk (2011), i tillegg til gjentekne innspel frå forskingsmiljøa via dialogarenaer og møteplassar.
I samarbeid med styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen, blei det utarbeidd ein kunnskapsstatus for husdyrforsking. Ein rapport med anbefalingar blei utarbeidd i samarbeid med relevante aktørar frå FoU og næringsliv. Dei prioriterte innsatsområda for forsking i rapporten er nytta som underlag for utlysing av midlar i 2013.
Ei rekkje næringsretta prosjekt blei også avslutta i 2012, mellom anna eit prosjekt som ser på om marknadsorientert tomatproduksjon har auka kunnskapen og dokumentasjonen om kva for tomatar konsumentane ønskjer, og korleis tomatkvalitet kan regulerast gjennom produksjon og lagring. Resultata frå prosjektet tilseier at Noreg no ligg heilt i verdstoppen når det gjeld tomatavlingar i drivhus. Prosjektet har også ført til meir positiv omtale av norske tomatar i massemedia.
Gjennom løyvingar til implementering deltek Forskingsrådet aktivt i fleire ERA-NET innanfor BIONÆR. I 2012 har Core Organic II (økologisk landbruk), EMIDA (dyrehelse) og Susfood (berekraftig næringsmiddelindustri), samt Wood Wisdom, stått sentralt. Dei to fellesprogramma (Joint Programming Initiatives JPI) Agriculture, food security and climate change (FACCE) og A healthy diet for a healthy life (JPI HDHL), der Forskingsrådet deltek aktivt, er også nært knytt til området mat og helse. Det blir dessutan samarbeidd på nordisk nivå innanfor Nordisk komité for jordbruks- og matforsking (NKJ).
Auka berekraftig produksjon av skog innanfor eit endra klima
Eit aktivt og lønsamt skogbruk og konkurransedyktig skogindustri er viktig for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling. Det er nødvendig med forsking for ytterlegare å styrkje skogen sitt bidrag til verdiskaping i heile landet og for å nå energi-, klima- og miljømål. Viktige innsatsområde er auka bruk av trevirke, energiproduksjon basert på tre og aktiv utnytting av skogen i nærings- og klimasamanheng. Det er i første rekkje programmet BIONÆR i Forskingsrådet som har hatt ansvaret for forsking på desse områda, men forskingsprosjekt i NORKLIMA og Miljø 2015 gjev også viktige bidrag.
Eit viktig verkemiddel i programmet har vore deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid i Europa gjennom Wood Wisdom Net 2. Dette er eit ERA-Net med formål å utvikle samarbeid mellom europeisk skogsektor og skogbasert industri, forskarsamfunnet og styresmakter. I 2012 starta eit prosjekt i WoodWisdom Era-Net-samarbeidet som skal sjå på effekten av auka etterspørsel etter energivirke frå skog, mellom anna for bruk og utnytting av skogareal.
Eit anna prosjekt som blei starta opp i 2012, undersøker moglegheitene for å utnytte aske frå biobrensel til jordforbedrings- og gjødselformål. Målet er å gjere det enklare å utnytte aske som restråstoff. Det blei også starta opp eit prosjekt som tek for seg foredling av gran tilpassa klimaendringar.
Prosjektet ClimPol – Decision support models for increased harvest and climate-motivated forest policies, som starta i 2012, skal utvikle nye nasjonale modellar, rammeverk og scenario som illustrerer effekten av ulike typar skogforvaltning med søkjelys på karbonbinding, biodiversitet og klimaeffektar. Prosjektet vil kunne gje viktige bidrag til forvaltningsstrategiar og politikkutforming i samband med klimaoptimal utnytting av skog. Mellom anna tek prosjektet for seg beslutningsgrunnlaget rundt val av hogst eller ikkje-hogst, auka bruk av trevirke til bioenergi og skogens klimabidrag.
Løyvinga til programmet Miljø 2015 har finansiert fleire prosjekt innanfor biologisk mangfald, bruk og vern av ressursar, forureining og miljøgifter, kulturlandskap og kulturminne, vilt- og fiskeforvaltning og generell kunnskapsutvikling i skjeringsfeltet miljø- og landbruksforvaltning.
Forsking finansiert gjennom NORKLIMA har testa om utbrot av sommarfuglarten målar kan bli meir intense og storskala etter kvart som klimaet blir varmare i nord. Samanfall mellom tidlig klekking av larver og tidleg utvikling av næringsemna deira (bjørkeblad) kan vere ein føresetnad for at det oppstår massive utbrot. Det at våren kjem tidlegare, som følgje av klimaendringar, kan gje ein hyppigare frekvens av slike samanfall og dermed hyppigare og meir intense utbrot. Massive insektsutbrot har ført til store øydeleggingar og skogdød i store område i Finnmark. Resultata frå prosjektet er av stor verdi for skogforvaltninga i Finnmark. Vidare har NORKLIMA hatt prosjekt om framtidas klima i Noreg. Eit varmare klima vil opne for fleire interessante moglegheiter for norsk landbruk. I tillegg til at vekstsesongen kan auke med mellom ein til to månadar i store deler av landet, vil nye plantesortar kunne dyrkast lengre nord enn i dag. Tilvekst og utbreiing av skog vil auke og tregrensa vil krype enda lengre oppover. Med meir skog vil skogen sitt karbonlager auke.
Det er også sett i gang eit prosjekt som skal sjå på korleis klimaendringar og andre stressfaktorar, som hogst og brann, vil endre økosystemet slik at bøkeskog trekkjer nordover og erstattar gran i framtida. Dette kan få store konsekvensar for biodiversiteten i skogøkosystemet, samt for økosystemfunksjon og -tenester.
Reduksjonar i utslepp til luft og vatn og eit høgt opptak av CO2 i skog og jord
I Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken og St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen blir det lagt opp til betydelege bidrag frå landbruks- og matsektoren i klimaarbeidet. Ein viktig del av innsatsen er å utvikle forskingsbasert kunnskap for å styrkje verdikjeda som produserer fornybar energi. Vidare skal forskinga bidra med kunnskap for å realisere det store potensialet for auka opptak av CO2 i skog her i landet. Dette er omtala i mellom anna Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk. Det er også nødvendig med kunnskap om korleis opptaket av CO2 i jord kan aukast.
Tidlegare hadde programmet Natur og Næring ansvaret for forsking på bioenergi. Frå og med 2012 blei hovudansvaret for forsking på bioenergi lagt til RENERGI-programmet i Forskingsrådet. Om lag 10 mill. kroner av midlane frå Klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til bioenergi blei løyvd gjennom BIONÆR, og er i hovudsak retta mot viktige økologi- og klimautfordringar for skogforvaltninga ved auka uttak av biomasse til energibruk. Den samla innsatsen til RENERGI på bioenergi var i 2012 på 70 mill. kroner, og dekte alle fokusområda til Landbruks- og matdepartementet innanfor bioenergi; biovarme, avfall til biogass og biodrivstoff. Forskinga bidreg til kostnadseffektive energiløysingar ved å byggje kompetanse og utvikle ny teknologi, slik at Noreg for eksempel blir effektive til å hauste og bruke lågverdig skogbiomasse, bruke ny reaktorteknologi og verknadsfulle avfallsblandingar i biogass-produksjonen. Porteføljen er no ført over til ENERGIX (2013–2022), som hadde første utlysing i 2012.
Innanfor Landbruks- og matdepartementets område er det gjennomført FoU- prosjekt som kan styrkje småskala produksjon av for eksempel biogass og kombinert varme/strøm.
I eit prosjekt er det gjort faktiske målingar av klimagassutslepp i norsk landbruk. Resultata viser at auka nitrogenutnytting i korndyrking kan redusere N2O-utslepp per eining hausta nitrogen. Vidare har resultata vist at både varsam kalking av sur jord, god drenering og redusert jordpakking av overflatejord, kan redusere N2O-utslepp i alle dyrkingssystem. Regionaliserte utsleppsmodellar tilseier at CO2-utslepp frå dyrka mineraljord er lågare enn det ein først trudde.
Forskinga har etablert ny bioenergikunnskap ved universitet, høgskolar og i instituttsektoren i eit nært samarbeid med næringsliv og styresmakter. Under satsinga på bioenergi er fleire prosjekt avslutta, mellom anna prosjekt under tema ved og vedfyring og fleire prosjekt under tema flisfyring. På området ved og vedfyring har resultata mellom anna vore ein reduksjon av partikkelutslepp med over 75 pst. i nye reintbrennande eldstader, samanlikna med eldstader selt før 1998. Det er også ein auka verknadsgrad på låg last frå 40 til 80 pst., og det blir no produsert 1 Tw meir varme frå same vedmengda. Innanfor området biovarme har forskinga gjeve betra hausting av avfalls- og biprodukt, tørkesystem og flishoggarar som gjev betre kvalitet, og forbrenningsanlegg som tåler større variasjon og som kombinerer varme og kraft. Forskinga har også vore sentral for utvikling av pelletsproduksjon i Noreg. I porteføljen er det også ei brei kompetansebygging innan biogass. Samarbeid mellom forsking og næringsliv utviklar seg godt, og fleire anlegg er bygd eller er under planlegging.
I 2012 har det vore ein større del av prosjekta som tek for seg bruk av råstoff frå landbruket (trevirke, skogsavfall, jordbruksavfall og anna landbruksavfall) til stasjonær bioenergi og biodrivstoff. Forsking på biogass som energikjelde inngår også i satsinga gjennom fleire prosjekt. Løyvinga frå departementet til bioenergiforsking var på om lag 40 mill. kroner i 2012. Den omfattande satsinga som no skjer på bioenergiområdet skal både auke leveransen av energi til samfunnet og bidra til arbeidsplassar og lønsame verksemder i sektoren.
Forskingsprogrammet BIONÆR har i 2012 følgt opp føringar om å støtte forsking om korleis skog- og trebasert næringsverksemd kan handtere klimautfordringane. Innanfor temaet skoghandsaming og karbonbinding er det i gang eit stort tverrfagleg forskarprosjekt for å modellere CO2 effektane av ulik skoghandsaming og avverkingsnivå og effektar på biodiversitet. Klimasatsinga på skogsida er også vidareført i prosjekt som analyserer CO2- rekneskapen frå stubbe til ferdig produkt i trebaserte verdikjeder (papir, tre som byggemateriale og bioenergi).
Betydelege mengder karbon er lagra i skogsjord og landbruksjord. Eit viktig tiltak for å redusere mengda av klimagassar i atmosfæren er å halde så mykje som mogleg av karbonet i jorda, og hindre at det igjen kjem ut i atmosfæren. I 2012 har det blitt arbeidd med å utvikle og teste system for karbonovervaking av skog- og jordbruksjord i Noreg.
Forsking gjennom NORKLIMA har sett på samanhengen mellom klimarelaterte faktorar og N2O-utslipp frå nitrogenmetta skog i Sør-Kina. Fokuset har så langt vore på N2O-utslepp frå landbruksjord, mens bidraget frå skogsjord har fått lite merksemd. Skogområda i Sør-Kina mottek store mengder nitrogen etter atmosfærisk transport. Resultata tyder på at særleg i Sør-Kina, med dei varme og fuktige somrane, blir meir enn halvparten av nitrogennedfallet i skog omdanna, noko som kan føre til forholdsvis store utslepp av N2O. Forskinga tyder på at overforbruk av nitrogen i landbruket med påfølgande lufttransport og nedfall av NH3 i skog er ei viktig kjelde til sekundær N2O.
Auka innovasjon og konkurranseevne
Ein stor del av løyvinga til Forskingsrådet over Landbruks- og matdepartementets budsjett går til forsking for å styrkje og auke konkurranseevna i næringslivet. Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) og tematisk innretta program som BIONÆR og Store program i Forskingsrådet har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Den brukarstyrte forskinga utløyser betydelege private midlar til forsking.
Det blei i 2012 arbeidd vidare for langsiktig vitskapleg kunnskapsbygging og kompetanse i bransjane, i tillegg til finansiering av forsking for å løyse dagsaktuelle utfordringar og risikoavlasting i verksemda. I samsvar med departementet si prioritering av næringsretta forsking på matområdet, blei det i 2012 utlyst innovasjonsprosjekt for auka konkurransekraft i den norske landbruksbaserte næringsmiddelindustrien med ei samla ramme på 20-25 mill. kroner.
Det er gjennomført fleire prosjekt på området auka innovasjon og konkurranseevne. Eit eksempel er eit prosjekt som med bakgrunn i underskottet på storfekjøtt i den norske marknaden, og behovet for å bidra til å betre effektivitet og økonomi i storfekjøttproduksjonen, har bidrege til å utvikle norsk kjøttfeavl vidare. Utrekningar viser ein årleg effekt på om lag 50 mill. kroner i auka effektivitet ute hos produsentane som resultat av den auka genetiske foredlinga. Vidare har prosjektet stadfesta at ein metode som nyttar nærinfrarød teknologi (VIS/NIR-spektroskopi) kan nyttast for å kvalitetssortere storfekjøtt i mørheitskategoriar på slakteriets produksjonsliner, noko som opnar for store marknadsmessige moglegheiter for nye storfekjøttprodukt.
God kunnskapsutvikling for forvaltninga
Dei handlings- og næringsretta programma til Forskingsrådet er i sin heilskap retta mot både sektoren og kunnskapsbehov i forvaltninga. Forskingsprogramma BIONÆR, Miljø 2015, NORKLIMA, og RENERGI er dei viktigaste verkemidla for kunnskapsutviklinga for forvaltninga. Innanfor BIONÆR har kunnskapsutvikling på områda nok og trygg mat, samt plante- og dyrehelse blitt prioritert i 2012. Blant hovudprioriteringane til BIONÆR i 2012 var forskingsmessig oppfølging av målsetjinga om auka matproduksjon og trygg og sunn mat. BIONÆR har ført vidare arbeidet med møteplassarenaer der ulike aktørar er involvert, mellom anna dialogmøte, kunnskapsstatusarrangement og temamøte.
Miljø 2015 finansierer prosjekt innanfor tema som biologisk mangfald, bruk og vern av ressursar, forureining og miljøgifter, kulturlandskap og kulturminne, vilt- og fiskeforvaltning og generell kunnskapsutvikling i skjeringsfeltet mellom miljø- og landbruksforvaltning. Miljø 2015 blei finansiert med 4,25 mill. kroner frå Landbruks- og matdepartementet i 2012, og hadde eit totalt disponibelt budsjett på 60 mill. kroner.
Løyvinga til NORKLIMA over departementet sitt budsjett var i 2012 på 7 mill. kroner og var retta mot prosjekt som skal auke kunnskapen om tilpassing av landbruket til eit endra klima, samt kunnskap om korleis utslepp av klimagassar frå landbruket kan reduserast. NORKLIMA blir avslutta i 2013 og skal erstattast av eit nytt klimaprogram. I 2011 og 2012 har Forskingsrådet difor arbeidd med eit kunnskapsgrunnlag for ei ny klimasatsing. Arbeidet har mellom anna bestått av ei grundig evaluering av norsk klimaforsking og ei kartlegging av kunnskaps- og forskingsbehov i Noreg. Til saman har desse prosessane gjeve ei oppdatert skildring av status for norsk klimaforsking og det framtidige behovet i samfunnet for klimakunnskap og forskingsorganisering. Råda i Kunnskapsgrunnlaget for en ny klimasatsing i Forskingsrådet har lagt føringar for dei tematiske og strategiske rammene for målsetjingane i det nye klimaprogrammet Stort program for klima – KLIMAFORSK, som har oppstart i 2014.
Næringspolitikk og rammevilkår er eit viktig kunnskapsområde for landbrukssektoren. I 2012 blei det gjennom BIONÆR innvilga midlar til forsking knytt til næringspolitikk og rammevilkår i eit internasjonalt perspektiv.
Høg kvalitet og relevans i forskinga
Innsatsen for å nå dette målet skjer mellom anna gjennom forsking på nasjonalt prioriterte område, forskingsbasert innovasjon, forsking i næringslivet, forsking i tråd med kunnskapsbehov i sektoren og forvaltninga i tillegg til internasjonalt forskingssamarbeid.
Forskingsprogrammet BIONÆR, saman med Miljø 2015, Havbruk, NORKLIMA og RENERGI, er sentrale verkemiddel for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. Innsatsen skjer gjennom forskingsprosjekt og tiltak direkte retta mot næringslivet, som innovasjonsprosjekt (IPN) og kompetanseprosjekt (KPN). Handlings- og næringsretta program er i heilskap retta mot sektoren og kunnskapsbehova til forvaltninga.
Det er eit aktivt samarbeid mellom styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og jordbruksavtalen om bransjeretta matforsking. Desse fonda finansierer i hovudsak open forsking til nytte for aktørane i bransjen. Samarbeidet med næringsfonda har som formål å bidra til ei heilskapeleg og effektiv forvaltning av dei samla forskingsmidla innan landbruks- og marin sektor, og å sikre forskingsfagleg kvalitet i prosjekta.
Høg internasjonalisering av forskinga
BIONÆR har i 2012 lagt stor vekt på å vidareføre det europeiske forskingssamarbeidet, særleg gjennom ERA-nett og JPI-ar. På landbruks- og matområdet er JPIen Agriculture, Food Security and Climate Change (FACCE) vidareført i 2012. Det har vore stor aktivitet innan denne JPI-en, mellom anna med oppstarten av pilotprosjektet MACSUR, ein såkalla Knowledge Hub med formål om framifrå forsking, kompetansebygging, nettverk og mobilitet.
Norsk matforsking er også representert i internasjonalt samarbeid gjennom fleire ERA-nett, nordisk samarbeid og bilaterale forskingsprosjekt. Noreg er godt representert i ERA-nettet Wood Wisdom Net 2. Forskingsrådet deltek i arbeidet i The European Agricultural Research (EURAGRI) og i Standing Committee for Agricultural Research (SCAR) i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. ANIHWA, som starta i 2012, fokuserer på berekraftig og etisk matproduksjon frå husdyr og fisk og har meir enn 30 partnarar frå 20 land, inkludert Noreg.
Gjennom samarbeidet i Standing Committee on Agricultural Research (SCAR), som er ein rådgjevande komité under EU-kommisjonen, har Noreg i 2012 delteke i ulike samarbeidsgrupper (Collaborative Working Groups, CWG), som mellom anna utarbeider felles plattformer for forskingsbehov og infrastruktur. Deltaking gjer det mogleg med norsk koordinering av og deltaking i internasjonal forsking innanfor feltet bioøkonomi.
Noregs deltaking i EUs 7. rammeprogram er god, og deltakinga auka betydeleg i 2012. Norske forskarar er no med i om lag 21 pst. av prosjekta i matdelen av programmet.
Forskingsrådet har i 2012 prioritert samarbeid gjennom dei multilaterale organisasjonane EU, European Science Foundation, European Cooperation in Science and Technology og Nettverk for marknadsorientert FoU – EUREKA. I tillegg kjem ordninga med internasjonale stipend og det nordiske samarbeidet. Nord-Amerika-samarbeidet innanfor mattryggleik, bioenergi og biobaserte produkt er også vidareført i 2012.
Nordisk komité for jordbruks- og matforsking (NKJ) har gjennomført ein strategiprosess for å etablere ei nordisk plattform for samarbeid, der også Nordisk ministerråd er breiare involvert. Eit overordna mål i strategien er å styrkje posisjonen til Norden på den europeiske forskingsarenaen, og bidra til å vidareutvikle det europeiske forskingssamarbeidet på komitéens område. Som eit verkemiddel ønskjer NKJ å etablere større samfinansierte nordiske forskingsprogram. Organisasjonen tok i 2012 initiativ til satsinga The Nordic Bio-economy Initiative. Initiativet framhevar kor viktig det er å leggje til rette for forsking og politikkutforming i samband med ei utvikling av dei nordiske landa som berekraftige biobaserte økonomiar. Initiativet blei lagt fram på nordisk ministermøte i 2012, og kan foreine nordisk satsing på grøn vekst med tilsvarande aktivitet i EU.
BILAT-ordninga er eit stimuleringstiltak for auka bilateralt forskingssamarbeid. Ordninga blei lagt om frå og med 2011, med full verknad frå 2012. Også i 2012 blei ordninga avgjerande for at Forskingsrådet kunne delta i ei rekkje ulike internasjonale utlysingar. Dette gjeld både bilaterale utlysingar og utlysingar der Noreg deltek i eit Europeisk konsortium, samt finansiering av Peder Sathersenteret ved UC Berkeley i USA og avtale med Innovasjon Noreg om representasjon i India. Vidare blei ordninga Prosjektetableringsstøtte (PES) vidareført i 2012.
Alliansen Global research alliance on agricultural greenhouse gases skal bidra til å danne nettverk som fremjar kunnskap som kan redusere utslepp av klimagassar frå landbruket. Bioforsk og Universitetet for miljø- og biovitenskap deltek aktivt i etablerte forskingsgrupper innanfor områda til alliansen, og Bioforsk leiar ei arbeidsgruppe i alliansen.
Effektiv kommunikasjon og formidling
God og tilpassa forskingsformidling er viktig for at resultata frå forskinga kan takast i bruk, både av primærprodusentane og resten av ledda i verdikjeda. Formidling er i stor grad integrert i forskingsaktivitetane og programverksemda. Både brukarstyrte program, dei tematiske programma og nettverksprogram er sentrale for å styrkje kontakten mellom næringsliv og forskingsinstitusjonar. Gjennom VRI-programmet blir det samarbeidd med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar for å stimulere til læring, innovasjon og verdiskaping i verksemder med liten FoU-erfaring. Norsk landbruksrådgjeving er eit bindeled mellom forskinga og landbruket, og har ei viktig rolle i å formidle kunnskap til næringsutøvarane. Forskingskommunikasjonen omfattar tiltak for å fremje dialog mellom forsking og samfunn, og for å bidra til at forsking blir brukt i politikk, forvaltning og næringsutvikling. Det er gjennomført ei rekkje formidlingstiltak gjennom dei landbruksrelevante programma. Programma har gjeve viktige bidrag til formidling av ny kunnskap mellom anna gjennom konferansar, utlysing av konferansestøtte, og stipendiatsamlingar. Fleire program har utarbeidd faktaark for dei pågåande og dei avslutta prosjekta. NORKLIMA-programmet formidlar forskingsresultat gjennom bladet KLIMA som blir gjeve ut av CICERO Senter for Klimaforsking.
Budsjettframlegg 2014
Departementet gjer framlegg om å løyve 255,951 mill. kroner til landbruks- og matforsking i 2014. Løyvinga følgjer dei åtte målområda omtalt i kat. 15.20. Desse følgjer opp forskingspolitiske prioriteringar i Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken, Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk, St. Meld. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, og Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter. Forskingsinnsatsen på områda auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat innanfor eit endra klima, og auka konkurranseevne i næringsmiddelindustrien blir styrkt med 20 mill. kroner. Departementet legg også vekt på å oppretthalde og vidareutvikle gode kunnskapsklynger for norsk landbruk, og gjer framlegg om ei satsing på 3 mill. kroner retta mot dette formålet.
I tråd med dei overordna måla i Meld. St. 9 (2011–2012), skal landbruks- og matforskinga bidra til å auke den landbaserte nasjonale matproduksjonen i takt med etterspørselen frå ei aukande befolkning. Departementet vidarefører satsinga på forsking for betre agronomi og auka kornproduksjon. Løyvinga over posten skal også bidra til kunnskapsutvikling som sikrar god plante- og dyrehelse og dyrevelferd, trygg mat og eit landbruk som tek nødvendige omsyn til natur og miljø.
Klimaendringane skapar utfordringar, men også betydelege moglegheiter for det norske landbruket. Avlingsnivået kan auke, eksisterande plantesortar kan få auka utbreiing og nye plantesortar kan takast i bruk. Matforskinga skal synleggjere moglegheiter og bidra til auka lønnsemd i norsk landbruk innanfor eit endra klima. Regjeringa vil difor auke forskingsinnsatsen for å møte klimaendringar og klimaomstillingar i norsk jordbruk. Satsingane må sjåast i samanheng med internasjonal forskingsaktivitet på desse områda.
Det er viktig at landbruks- og matforskinga bidreg til auka innovasjon og konkurranseevne innanfor dei mange næringane i landbruket. Den brukarstyrte forskinga står sentralt i arbeidet med å framskaffe ny kunnskap om alternativ utnytting av fornybare biologiske ressursar, og leggje til rette for ny næringsverksemd og framtidig vekst i primærnæringa. Landbruks- og matforskinga vil støtte opp under ein berekraftig bioøkonomi der dei biobaserte næringane og tilhøyrande industriar står sentralt.
Næringsmiddelindustrien er Noregs nest største industrigrein og den viktigaste avtakar av råvarer frå landbruket og fiskeria. Denne industrien møter stadig aukande konkurranse. Auka løyvingar til forsking og utvikling som kan bidra til å styrkje konkurranseevna i norsk næringsmiddelindustri, er avgjerande for å sikre framtidig verdiskaping og sysselsetjing. Kunnskapsmiljøa på landbruks- og matområdet er heilt sentrale for den forskingsbaserte utviklinga av norsk næringsmiddelindustri. For å bidra til næringsutvikling og styrkje konkurranseevna i norsk næringsmiddelindustri, vil regjeringa auke innsatsen på dette området.
Forskingsinnsatsen retta mot klima og fornybar energi tek mellom anna utgangspunkt i St.meld. nr. 39 (2008–2009). Over fleire år har forsking på opptak og lagring av karbon i jord og skog, blitt prioritert. Det same gjeld forsking som bidreg til berekraftig skogbruk, auka bruk av tre med sikte på varig binding av karbon og miljøgevinstar ved at tre erstattar materiale som gjev meir klimautslepp. Ei offensiv satsing på skog i klimaarbeidet er i tråd med Meld. St. 21 (2011–2012). Forskingsinnsatsen på biovarme, biogass og biodrivstoff blir vidareført på eit høgt nivå.
Landbruks- og matdepartementet ønskjer auka kommersialisering av forskingsresultat. For å oppnå dette er det viktig at Innovasjon Noreg, forskingsinstitutta, SIVA – Selskapet for industrivekst og Forskingsrådet samarbeider om å auke innovasjonsgrada i sektoren. Departementet vil føre vidare arbeidet med å leggje til rette for auka samarbeid mellom dei landbruksfaglege institutta og andre kunnskapsmiljø på Campus Ås med sikte på auka kommersialisering av kunnskap frå forsking. Støtta til programmet Virkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) i Forskingsrådet blir vidareført i 2014.
Høg internasjonalisering av landbruks- og matforskinga er eit mål. Forskingsrådet skal sikre at dei nasjonale forskingsprogramma vidareutviklar sitt strategiske, tematiske og finansielle samspel med EU-forskinga, inkludert mellom anna det nye programmet Horizon 2020. Det skal også arbeidast vidare for å leggje til rette for norsk deltaking i aktuelle ERA-net (samarbeid mellom nasjonale forskingsprogram) og fellesprogram (JPI). Aktiviteten innanfor fellesprogrammet JPI FACCE (Agriculture, Food Security and Climate Change) skal videreførast. Utviklinga av bilateralt forskingssamarbeid med særleg Nord-Amerika, Kina og India skal vidareførast. Norske landbruks- og matforskingsmiljø skal engasjere seg i forskings- og utviklingsaktivitet som bidreg til å auke matproduksjonen også i andre land.
Nordisk komité for jordbruks- og matforsking, skal støtte opp under forskings- og innovasjonssystema i dei nordiske landa, og vere ei felles plattform for nordiske initiativ internasjonalt. Departementet legg vekt på at ein også i 2014 vidareutviklar det nordiske samarbeidet, mellom anna det pågåande arbeidet med The Nordic Bioeconomy Initiative.
Offentlege og private aktørar står i stor grad overfor dei same kunnskapsutfordringane innanfor område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruks- og matnæringane. Det er difor nødvendig med god dialog mellom næring og forvaltning om forskingsprioriteringane. Siktemålet er at felles kunnskapsbehov skal sjåast i samanheng, og at ressursane til forsking skal utnyttast effektivt. Det vil difor vere behov for både brukarstyrt forsking og forsking for forvaltning på landbruks- og matområdet.
Forskingsprosjekta må følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ha nytte av den. Formidling er ei viktig oppgåve for alle forskingsinstitusjonane i sektoren. Formidlinga skal vere tilpassa både spesifikke brukargrupper og allmenta og framstillast slik at den kan bli forstått og brukt raskt. Forskingsinstitutta på landbruks- og matområdet må ha strategiar for korleis ny kunnskap frå forsking skal kommuniserast til ulike brukargrupper. Slike strategiar kan gje store gevinstar for samfunnet.
Forsking er sentralt for å støtte opp under forvaltninga sitt behov for kunnskap, og som ledd i utvikling av landbruket sine mange verdikjeder. Sentralt står departementet sitt ansvar for å sikre nok og trygg mat. Andre område der forsking dannar eit viktig grunnlag er dyre- og plantehelse, dyrevelferd, miljøomsyn, genetiske ressursar, verknad av økonomisk støtte til sektoren m.m. Vidare vil samfunnsvitskapleg forsking bidra med kunnskap om landbrukets rolle, fremje lokal og regional utvikling og gje kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Departementet vil setje i verk ein samanlignande studie av utviklingstrekk innan landbruk og landbrukspolitikk i Noreg og dei andre nordiske landa dei siste 20 år. Departementet tek sikte på at studiet skal gjennomførast innanfor ei kostnadsramme på inntil 2 mill. kroner.
Landbruks- og matdepartementet fører vidare arbeidet med å styrkje dei landbruksfaglege miljøa ved Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Hedmark. Satsinga skal styrkje grunnlaget for å oppretthalde og vidareutvikle gode kunnskapsklynger for norsk landbruk. Den skal også ytterlegare bidra til å nå målet om auka matproduksjon innanfor eit klima i endring, og departementet gjer framlegg om ei auke på 1 mill. kroner til Høgskolen i Nord-Trøndelag. Det må takast sikte på at finansieringa videreførast.
Dei landbruksfaglege miljøa i Hamarregionen dannar ei viktig kunnskapsklynge for norsk landbruk og anvend bioteknologi. Det ligg ikkje minst eit stort potensial i desse miljøas internasjonale satsing innan genetikk og bioteknologi. Her kan Noreg byggje ei næring som har gode moglegheiter til å lukkast internasjonalt. Ei styrking av desse miljøa er avgjerande for at dette kan bli eit kraftsenter når det gjeld utdanning, kunnskapsproduksjon og etablering av arbeidsplassar i regionen. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3 mill. kroner i 2014. Midlane skal gje miljøet moglegheit til å vidareutvikle verksemda si som pådrivarar for ytterlegare verdiskaping og arbeidsplassar innan dei biobaserte næringane. Det må takast sikte på at finansieringa videreførast i ytterlegare 2 år.
Post 51 Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd
Forskingsrådet har ansvar for tildeling av basisløyvinga til dei fem forskingsinstitutta i landbruks- og matsektoren: Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk institutt for skog og landskap, Norsk senter for bygdeforskning (Bygdeforskning) og Veterinærinstituttet. I tillegg til dei fem institutta får Nofima AS strategiske midlar frå basisløyvinga til Landbruks- og matdepartementet.
Bioforsk og Veterinærinstituttet blir omtalt nærare i kap. 1112 og NILF og Norsk institutt for skog og landskap i kap. 1141. Bygdeforskning er ein frittståande nasjonal forskingsstiftelse som bidreg med samfunnsvitskapeleg forsking innanfor bygdesosiologi og fleirfaglege bygdestudiar.
Formål med løyvinga
Formålet med basisløyvinga er å sikre ein sterk instituttsektor som kan tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga på landbruks- og matområda. Løyvingane skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging, og skal stimulere til vitenskapeleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid, jf. retningslinene for statleg basisløyving av forskningsinstitutt.
Rapportering 2012
Rapporteringa gjeld dei fem landbruks- og matforskingsinstitutta nemnt ovanfor. For omtale av Nofima, sjå fagproposisjonen frå Fiskeri- og kystdepartementet.
Forskingsrådets vurdering er at alle institutta har brukt løyvinga til formål i samsvar med formålet.
Tabell 2.1 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2012
Driftsinntekter 1 | Driftsresultat | Grunnløyving | Løyving til strategiske instituttsatsingar 2 | Basisløyving per forskarårsverk | Basisløyving i prosent av driftsinntektene | |
---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr. | Mill. kr. | Mill. kr. | Mill. kr. | Forholdstal | Prosent | |
Bioforsk | 455,7 | -3,2 | 78,0 | 7,4 | 0,376 | 19 |
Bygdeforskning | 32,3 | -0,3 | 7,2 | 1,4 | 0,453 | 27 |
NILF | 54,6 | 0,1 | 11,8 | 0,1 | 0,476 | 22 |
Norsk institutt for skog og landskap | 205,3 | 2,3 | 37,0 | 3,8 | 0,583 | 20 |
Veterinærinstituttet | 365,5 | -4,0 | 19,7 | 3,0 | 0,147 | 6 |
Sum | 1113,4 | -5,1 | 153,7 | 15,7 | ||
Vekta gjennomsnitt | 0,342 | 15 |
1 Samla inntekter eksklusive finansinntekter og ekstraordinære inntekter.
2 Tal basert på rapportert forbruk.
Kjelde: Forskingsrådet. Årsrapport 2012, Primærnæringsinstituttene
Dei samla driftsinntektene for dei fem landbruks- og matforskingsinstitutta var i fjor 1 113,4 mill. kroner, ein auke på 17 pst. frå 2008. For første gong i perioden 2008–2012 var det samla driftsresultatet for institutta negativt. Resultat, inntekts- og kostnadsstruktur varierer mellom institutta, og forskjellige faktorar forklarar utviklinga til det enkelte institutt.
For dei fem institutta til saman utgjer forvaltnings- og bidragsinntekter frå departementa 1/3 av inntektene. Basisløyvinga utgjer om lag 1/6, og nesten like stor inntekt kjem frå høvesvis næringsliv og Forskingsrådet, men det er store skilnader i inntektsstruktur frå institutt til institutt. Basisløyvinga har stor betyding for den vitskapelege produksjonen.
Omrekna til publikasjonspoeng utgjorde publikasjonane til dei fem institutta til saman 296 poeng i fjor, ein auke på sju pst. frå året før (276). Talet på publikasjonar på kvalitetsnivå 2 for institutta samla, har auka frå 19 pst. i 2011 til 23 pst i 2012, noko som speglar ei forbetring av den vitskaplege kvaliteten. Veterinærinstituttet og Bioforsk leverte kvar for seg om lag 1/3 av publiseringspoenga til dei fem institutta. Resultata varierer mykje frå år til år, særleg for små institutt.
Tabell 2.2 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2012
Samla årsverk | Forskarårsverk i prosent av samla årsverk | Tilsette med dr.grad per forskarårsverk | Publikasjonspoeng 1 | Publikasjonspoeng per forskarårsverk | |
---|---|---|---|---|---|
Tal | Prosent | Forholdstal | Tal | Forholdstal | |
Bioforsk | 413 | 55 | 0,74 | 98 | 0,43 |
Bygdeforskning | 24 | 77 | 0,75 | 23 | 1,22 |
NILF | 63 | 40 | 0,45 | 11 | 0,45 |
Norsk institutt for skog og landskap | 209 | 33 | 0,75 | 62 | 0,88 |
Veterinærinstituttet | 332 | 46 | 0,83 | 102 | 0,67 |
Sum | 1041 | 296 | |||
Vekta gjennomsnitt | 48 | 0,79 | 0,60 |
1 Publikasjonspoeng er eit vekta uttrykk for publiseringsaktivitet og nivå, som gjev eit mål på vitskapeleg produksjon av fagfellevurderte artiklar i tidsskrift/antologiar og monografiar.
Kjelde: Forskingsrådet. Årsrapport 2012, Primærnæringsinstituttene
Bioforsk
Bioforsk hadde eit driftsunderskott på 3,2 mill. kroner i 2012, mot eit overskott på 15,1 mill. kroner i 2011. Om lag 25 pst. av driftsinntekta kjem frå næringslivet. Dette gjer Bioforsk til det mest næringsretta av dei fem institutta. Instituttet har i 2012 nytta 85,4 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Dette fordeler seg med 78,0 mill. kroner i grunnløyving og 7,4 mill. kroner til vidareførte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 19 pst. av inntektene. Det var 413 årsverk i Bioforsk. Til saman 227 av årsverka var forskarar, ein auke frå 223 året før. Den vitskaplege produksjonen resulterte i 151 artiklar i periodika og seriar og 15 artiklar i antologiar. Bioforsk oppnådde 0,43 publikasjonspoeng per forskarårsverk. Den vitskapelege publiseringa auka med 13 pst. frå året før.
Bygdeforskning
Bygdeforskning hadde eit driftsunderskott på 0,3 mill. kroner i 2012. Det økonomiske resultatet var negativt også i 2010 og 2011. Instituttet hentar 53 pst. av driftsinntekta frå Forskingsrådet. Instituttet har nytta 8,6 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Løyvinga fordeler seg med 7,2 mill. kroner i grunnløyving og 1,4 mill. kroner i vidareførte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjer 27 pst. av Bygdeforskning sine driftsinntekter, den høgaste delen på arenaen. Det var 24 årsverk i Bygdeforskning. 19 av årsverka var forskarar. Bygdeforskning oppnådde 1,22 publikasjonspoeng per forskarårsverk. Dette var det høgaste resultatet på arenaen i fjor.
Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
NILF hadde eit driftsoverskott på 0,1 mill. kroner i 2012, mot 0,3 mill. kroner året før. Over 40 pst. av driftsinntekta kjem frå forvaltningsoppdrag. Instituttet har i 2012 nytta 11,9 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Basisløyvinga fordeler seg med 11,8 mill. kroner i grunnløyving og 0,1 mill. kroner i vidareførte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 22 pst. av inntektene. Talet på årsverk var 63, ein auke på eitt årsverk frå året før. Til saman 25 av årsverka var forskarar. Den vitskapelege produksjonen resulterte i 16 artiklar i periodika og seriar og 3 artiklar i antologiar. NILF oppnådde 0,45 publikasjonspoeng per forskarårsverk, som var lågare enn året før.
Norsk institutt for skog og landskap
Norsk institutt for skog og landskap hadde eit driftsoverskott på 2,3 mill. kroner i 2012, mot 5,4 mill. kroner året før. Instituttet nytta ei basisfinansiering frå Forskingsrådet på 40,8 mill. kroner. Basisløyvinga var fordelt på 37,0 mill. kroner i grunnløyving og 3,8 mill. kroner i strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga til Norsk institutt for skog og landskap utgjorde 20 pst. av inntektene, ein høgare andel enn i 2011. Instituttet hadde 209 årsverk, mot 203 året før. Forskarar utgjorde 70 årsverk, ein reduksjon på 3 årsverk frå året før. Den vitskapelege produksjonen resulterte i 92 artiklar i periodika og seriar og 12 artiklar i antologiar. Instituttet oppnådde 0,88 publikasjonspoeng per forskarårsverk. Den vitskapelege publiseringa blei 43 pst. høgare enn året før.
Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet hadde i 2012 eit driftsunderskott på 4,0 mill. kroner, mot eit overskott på 0,7 mill. kroner året før. Over 1/3 av inntektene kjem frå forvaltningsoppdrag og tilsvarande frå bidragsinntekter. Instituttet nytta ei basisfinansiering på 22,7 mill. kroner frå Forskingsrådet. Basisløyvinga var fordelt på ei grunnløyving på 19,7 mill. kroner og 3,0 mill. kroner til strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 6 pst. av driftsinntektene til instituttet, det lågaste talet på arenaen. Instituttet hadde 332 årsverk. Forskarar utgjorde 154 årsverk, ein auke med 4 årsverk frå året før. Veterinærinstituttet hadde 0,67 publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2012, ein auke frå året før.
Budsjettframlegg 2014
Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet er ansvarlege for basisløyvingane til primærnæringsarenaen. Arenaen omfattar Bioforsk, Bygdeforskning, Nofima AS, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk institutt for skog og landskap, SINTEF Fiskeri og havbruk, og Veterinærinstituttet.
Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta består av grunnløyving og strategiske løyvingar. Grunnløyvinga er sett saman av ein fast del og ein resultatbasert del. Departementet finn det rett å vidareføre den resultatbaserte omfordelinga på 2,5 pst. av grunnløyvingsramma for primærnæringsinstitutta.
Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruks- og matvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Departementet har som føresetnad at institusjonane framleis legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom.
Retningslinene for statlege basisløyvingar til forskingsinstitutta blei endra 1. juli 2013. Dei reviderte retningslinene forenklar systemet ved at tre av indikatorane for resultatbasert omfordeling er tekne ut. Ordninga med strategiske instituttsatsingar blir vidareført for primærnæringsarenaen med eit tak på 30 pst.
Basisløyvinga blir fordelt på primærnæringsarenaen i tråd med formålet slik det framgår av retningslinene og Prop. 1 S (2013–2014). Det betyr at alle dei sju institutta er med i konkurransen om den resultatbaserte delen av løyvinga. Ut over dei fem institutta som departementet har sektoransvar for, får Nofima midlar til strategiske instituttsatsingar innanfor denne løyvinga. Nofima er eit viktig institutt for utvikling av norsk mat- og næringsmiddelproduksjon innan grøn og blå sektor.
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving på 187,774 mill. kroner til basisløyvingar til forskingsinstitutt.
Det er vidare sett av 0,3 mill. kroner til Nordiske jordbruksforskarars foreining (NJF). NJF er eit forum for personar som er knytt til landbruksvitskapleg forsking, undervisning og rettleiing i Norden. Målet er å fremje jordbruksforskinga og formidle resultata gjennom utvikling av samarbeid mellom jordbruksforskarar i Norden. Departementet vil i 2014 vurdere framtidig støtte til NJF.
Post 53 Omstillingsmidlar instituttsektoren mv.
Formål med løyvinga
Vedtaka i Innst. S. nr. 176 (2007–2008) om framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskule og startløyvinga i 2013 til nybygg for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Veterinærinstituttet på Ås, fører til store investeringar i infrastruktur og behov for felles utnytting av ressursar. Løyvinga skal ivareta arbeid for å sikre synergiar på faglege, administrative og infrastrukturelle område mellom NMBU, Nofima AS og instituttsektor til landbruket.
Campus Ås blir Noregs biovitskaplege sentrum, og det er nødvendig å auke bruken av forskingsresultat for å skape nye arbeidsplassar. Løyvinga vil difor også i 2014 bli nytta til vidare arbeid med utgreiing av moglegheitene for eit innovasjonssenter på Campus Ås.
Rapportering 2012
Også i 2012 gjekk ein stor del av løyvinga til å dekkje delar av kostnadene knytt til planlegging av nytt bygg og organisasjonsutviklingsprosessar for Veterinærinstituttet i samband med den vedtekne flyttinga til Ås.
Som ei oppfølging av departementet sin gjennomgang av instituttstrukturen, har DAMWAD gjennomført ei samfunnsøkonomisk analyse av ein alternativ organisasjonsstruktur for instituttsektoren til Landbruks- og matdepartementet. Analysens konklusjon er at det ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt å slå saman institutt.
Departementet arbeidde i 2012 vidare med moglegheitene for etablering av eit innovasjonssenter på Ås. SIVA har i 2012 utarbeidd ei skisse for eit slikt senter med vurdering av arealbehov og kostnader. Norsk institutt for skog og landskap har også fått midlar til ein prosess for å vurdere konsekvensar av at dei flyttar inn i eit innovasjonssenter.
Som ei vidareføring av arbeidet for å knyte dei landbruksvitskaplege institusjonane fagleg og administrativt nærare saman, er det løyvd midlar til eit forskarseminar for planlegging av felles prosjektsøknader innanfor bioøkonomi, og til konkrete vurderingar av område for felles administrative løysingar.
Budsjettframlegg 2014
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 4,379 mill. kroner. Departementet vil i 2014 arbeide vidare med moglegheitene for eit innovasjonssenter på Ås, og samstundes arbeide for å styrkje grunnlaget for auka næringslivssamarbeid og kommersialisering av forsking i institutta.
Løyvinga skal vidare gå til å dekkje delar av kostnadene til Veterinærinstituttet i samband med flyttinga til Ås, og til å vidareutvikle instituttsektoren med sikte på å hente ut større faglege og administrative synergiar frå samarbeid mellom dei. Nofima AS er ein viktig samarbeidspartnar i denne samanheng.
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak
Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 29 456 | 30 087 | 29 640 | -1,5 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 39 116 | 38 913 | 39 925 | 2,6 |
1141 | Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket | 118 112 | 122 010 | 126 631 | 3,8 |
1143 | Statens landbruksforvaltning | 354 843 | 357 850 | 372 627 | 4,1 |
1144 | Regionale og lokale tiltak i landbruket | 5 574 | 6 810 | 7 048 | 3,5 |
1147 | Statens reindriftsforvaltning | 58 855 | 63 744 | 64 899 | 1,8 |
1148 | Naturskade – erstatningar | 247 603 | 117 200 | 185 700 | 58,4 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket | 97 117 | 75 665 | 104 813 | 38,5 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 13 559 790 | 14 210 397 | 14 415 447 | 1,4 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 97 546 | 104 500 | 109 500 | 4,8 |
1161 | Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn | 21 969 | 22 694 | 23 488 | 3,5 |
Sum kategori 15.30 | 14 629 979 | 15 149 870 | 15 479 718 | 2,2 |
Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
4143 | Statens landbruksforvaltning | 47 977 | 37 718 | 38 625 | 2,4 |
4147 | Statens reindriftsforvaltning | 1 670 | 38 | 39 | 2,6 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 40 654 | 59 520 | 59 520 | 0,0 |
4162 | Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap | 100 000 | 50 000 | 50 000 | 0,0 |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 301 149 | 125 000 | 125 000 | 0,0 |
Sum kategori 15.30 | 491 450 | 272 276 | 273 184 | 0,3 |
Mål
Dei fire hovudmåla for landbruks- og matpolitikken er matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Måla er omtalte i den innleiande delen av proposisjonen. Sjå også Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken.
Programkategori 15.30 inneheld politikk og tiltak for verdiskaping, ressursforvaltning og miljø. Tiltaka på området skal bidra til god måloppnåing innanfor alle dei fire hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Tilskott er eit viktig element i dette.
Skatt og avgifter verkar inn på produksjon og forbruk av varer og tenester basert på landbrukets ressursar, noko som også har konsekvensar for naturmiljøet og bruken av naturressursar. Skatte- og avgiftsspørsmål er ikkje nærare omtalte her. For ein samla omtale av skatte- og avgiftsopplegget, sjå Prop. 1 LS (2013–2014) frå Finansdepartementet.
Prioriteringar i 2014
Noreg som aktiv internasjonal aktør
I WTO-forhandlingane er det lite framgang, og det er ikkje truleg at det kjem ein ny WTO-avtale på kort sikt. Den eksisterande WTO-avtalen skaper utfordringar for norsk landbruk. Departementet må tilpasse verkemiddelbruken i landbrukspolitikken slik at Noreg held seg innanfor dei avgrensingane vi har for produksjonsretta landbruksstøtte.
EØS-avtalen opnar for avtalar mellom Noreg og EU om handel med landbruksvarer. Frå 1. januar 2012 blei ein ny avtale om auka handel med uforedla landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen sett i verk. For foredla landbruksvarer, jf. Protokoll 3 til EØS-avtalen, gjeld avtalen som blei sett i verk 1. november 2004. EFTA forhandlar med ei rekkje land om inngåing av handelsavtalar. Mellom desse landa er store land som Russland, India, Indonesia og Vietnam. Handel med både uforedla og foredla landbruksvarer inngår i forhandlingane.
Regelverket for arealbruk, endringar i arealbruk og skog i Kyoto-protokollen for den gjeldande avtaleperioden blei avklart under konferansen i Durban i 2011. Departementet vil prioritere deltaking i dei internasjonale klimaforhandlingane som gjeld skog i arbeidet med ein framtidig, heilskapleg klimaavtale. I tillegg krev ei integrering av jordbruk og matsikkerheit i klimaforhandlingane både engasjement og brei støtte. Dette arbeidet startar opp på konferansen i Warszawa i november 2013 der ein i første omgang ser på tilpassing til eit endra klima og på effektiv produksjon av mat. På dette området er det viktig å sikre eit godt samarbeid mellom UNFCCC, FAO, Verdsbanken og aktuelle samarbeidsland.
Arbeidet til FN er viktig og førande for politikkutforminga i Noreg. FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) er den sentrale organisasjonen for fagleg og politisk samarbeid på fleire felt innanfor jordbruk, trygg mat og skog. FAO vil i 2014 mellom anna følgje opp prioriteringane frå toppmøtet i Rio i juni 2012 om berekraftig utvikling, der global matsikkerheit hadde ein sentral plass. Departementet vil leggje stor vekt på å fremje norske interesser i FAO sitt arbeid og for å bidra til berekraftig utvikling verda over. Departementet vil arbeide med ulike utviklingstiltak på feltet matsikkerheit, der mellom anna genetiske ressursar og klimasmart landbruk står sentralt. Departementet vil framleis ta aktivt del i og støtte opp om FAO sitt arbeid med berekraftig skogforvaltning. Departementet vil også ta aktivt del i arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Dette inneber også vidareutvikling av det globale frølageret på Svalbard. Departementet vil framleis arbeide for å auke støtta til plantetraktatens Benefit-Sharing Fund. Dette skal bidra til å auke utviklingslanda sine moglegheiter til å forbetre og nytte kulturplantene i eigen matproduksjon og i tilpassing til klimaendringar og andre behov.
FNs skogforum (UNFF) har ei rolle i å leggje premissar for berekraftig skogforvaltning globalt. Den 11. sesjonen av UNFF blei halden i 2013. Der blei det vedteke eit mandat for ei evaluering av UNFF og ei vurdering av rolla vidare for forumet. På den 12. sesjonen i 2015 er dette hovudtema. Departementet vil følgje opp dette arbeidet fram mot neste sesjon i 2015. Dette vil vere ei avgjerande fase for samarbeidet i FN på dette området.
Det er behov for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. Forest Europe er ein arena for dette. Arbeidet i Forest Europe la grunnlaget for å starte forhandlingar om ein rettsleg forpliktande europeisk avtale om berekraftig skogforvaltning. Forhandlingane skal etter planen avsluttast i 2013. Dersom ein får ein avtale vil ein måtte vurdere på kva måte Noreg skal følgje opp, og departementet vil i 2014 halde fram arbeidet med å vidareutvikle det europeiske samarbeidet om berekraftig skogforvaltning i Europa.
Målet med det nordiske samarbeidet er gjennom felles nordisk innsats på viktige område som miljø, klima, energi, forsking, utdanning og innovasjon, å skape meirverdi, «nordisk nytte», for dei enkelte nordiske landa og innbyggjarne deira. Nidarosdeklarasjonen, som blei vedteken på møtet i ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) i Trondheim i 2012, set fokus på samarbeid for auka berekraftig og konkurransedyktig produksjon i sektorane mat, fôrmiddel, bygnings- og konstruksjonsvirke, bioenergi og innovative produkt frå land, hav og vatn. Oppfølging av deklarasjonen vil også i 2014 vere eit viktig innsatsområde for MR-FJLS. Mellom anna har Island i planen sin for formannskapsåret 2014 løfta fram bioøkonomi som eit sentralt tema i eit samarbeid med ministerrådet for næring, energi og regionalpolitikk og ministerrådet for miljø.
Klimautfordringane – landbruket ein del av løysinga
I Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk har skogen ei viktig rolle. Regjeringa vil bruke skogen for å sikre eit høgt opptak av CO2 slik at karbonlageret i skogen stadig aukar. Dette skal mellom anna skje ved å leggje til rette for tettare planting av ny skog etter hogst, etablering av skog på nye areal, meir og betre skogplanteforedling og målretta gjødsling av skog. Det skal utviklast miljøkriterium for fleire av tiltaka. Samstundes skal skogressursane nyttast til å produsere meir fornybar energi og tremateriale. Vidare vil departementet fortsetje arbeidet med å redusere klimagassutslepp frå jordbruket, mellom anna ved satsing på biogass.
Klimaendringar aukar risikoen for at nye plante- og dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Det forventa smittepresset må bli møtt med god beredskap og førebyggjande tiltak. Departementet vil også prioritere midlar til planteforedling og utvikling av sortar, med sikte på betre klimatilpassing. Det er eit særs langsiktig arbeid å prøve ut eller utvikle nye sortar til bruk i landbruket i Noreg.
Regjeringa meiner Noreg skal vere blant dei leiande landa i arbeidet med produksjon av kunnskap for eit klimatilpassa landbruk, jf. mellom anna Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge. Departementet legg opp til ein koordinert og målretta innsats innan forsking og utvikling (FoU). Departementet vil utvikle det internasjonale forskingssamarbeidet vidare.
Auka matproduksjon og landbruk over heile landet
Matproduksjon frå land og sjø basert på berekraftig bruk av dei nasjonale ressursane våre er eit fundament for matsikkerheit. Statistisk sentralbyrå (SSB) anslår at det vil bli 20 pst. fleire innbyggjarar i Noreg dei neste 20 åra. Regjeringa vil leggje til rette for auka produksjon av landbruksvarer, innanfor gjevne handelspolitiske rammer, som det er naturgjeve grunnlag for og som marknaden etterspør, slik at sjølvforsyningsgraden kan oppretthaldast om lag på dagens nivå. Regjeringa har som målsetjing at produksjonen i landbruket skal auke i takt med etterspørselen til ei aukande befolkning.
Frå 1. januar 2013 blei tollsatsane for ost og kjøtt av storfe og lam lagde om frå kronetoll til prosenttoll som gjev sterkare vern mot import. Regjeringa har på denne måten lagt til rette for betre inntektsutvikling i landbruket.
Verdikjedene i landbruket er blant dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, og omfattar alt frå forsking, produksjon av innsatsvarer, næringsmiddelindustri til forbrukar. Jordbruket sysselsette i 2011 om lag 49 400 årsverk. Matindustrien er den nest største industribransjen i Noreg. Matindustrien, eksklusive fiskevarer, hadde i 2010 ein brutto produksjonsverdi på om lag 119 mrd. kroner og ei sysselsetjing på om lag 38 800 personar. Skogbruk og trebasert industri sysselsette i 2011 om lag 24 600 personar. Trebasert industri hadde i 2011 ein brutto produksjonsverdi på om lag 41,9 mrd. kroner, og eksporterte for om lag 12 mrd. kroner. Førstehandsverdien av tømmeret som blei omsett var på om lag 3,1 mrd. kroner.
Jordbruksavtalen
Regjeringa vil sikre bruk av landbruksareal gjennom å vidareføre om lag den same regionvise fordelinga av areal og produksjon og gjennom å oppretthalde ein variert bruksstruktur. Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri skal gje konkurransedyktige verdikjeder og robuste einingar.
Jordbruksavtalane dei siste åra har lagt til rette for eit løft i inntektene for jordbruksbedriftene. Avtalane har mellom anna prioritert det grasbaserte husdyrhaldet, beiting med husdyr og forbetring av velferdsordningane. Distrikts- og strukturprofilen i budsjettstøtta og fraktordningane er styrkte for å bidra til å nå målet om landbruk over heile landet. Samla sett har avtalane lagt til rette for ein inntektsvekst frå 2006 til 2013 (før avtalen i 2013) på 80,5 pst. eller om lag 132 000 kroner per årsverk. Då er verdien av jordbruksfrådraget inkludert, og veksten inneheld kompensasjon for auka folketrygdavgift frå 2012.
Avtalen i 2013 legg til rette for ein inntektsvekst på 10,5 pst., eller 31 000 kroner per årsverk i 2014 i forhold til 2013, før oppgjer. Avtalen vil auke inntekta i 2013 med om lag 11 000 kroner og ytterlegare 20 000 kroner i 2014.
Oppgjeret i 2013 følgjer opp Meld. St. 9 (2011–2012) på sentrale område. Oppgjeret prioriterer storfekjøtt, korn og grøntsektoren, der marknadsmoglegheitene er gode. Oppgjeret gjev ei klar betring av inntektsmoglegheitene, som er eit hovudverkemiddel for å nå dei landbrukspolitiske måla om mellom anna auka matproduksjon. For svin og egg vil inntektene kunne bli vesentleg betre ved betra marknadsbalanse. Samstundes blir god fordelingsprofil vektlagd, og investeringsverkemidla og velferdsordningane blir styrkte. Miljøprofilen blir sterkare ved at løyvinga til regionale miljøprogram, spesielle miljøtiltak i landbruket og bioenergi blir auka.
Gjennom oppgjeret blir rettleiingstenesta i landbruket styrkt og samordna. Norsk landbruksrådgivning (NLR) får ei auka løyving på 9,5 mill. kroner. NLR får i tillegg overført rettleiingsoppgåver innanfor økologisk jordbruk, og det blir lagt til rette for samanslåing med Landbrukets HMS-teneste.
Oppgjeret gjev ein auke i målprisane på 580 mill. kroner frå 1. juli 2013, og regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen over kap. 1150 i 2014 med 500 mill. kroner når ein ser bort frå den ekstraordinære løyvinga til Landbrukets utviklingsfond (LUF) i 2013.
Ei eiga arbeidsgruppe har sett på korleis ein kan oppnå tydelegare distriktsprofil i nasjonale ordningar. Arbeidsgruppa beskreiv dagens verkemiddel og la fram ein meny av potensielle tiltak.
Hovudprinsippet for dei distriktspolitiske verkemidla i landbrukspolitikken, for å nå målet om landbruk over heile landet, har vore å bidra til inntektsutjamning gjennom å kompensere for geografisk bundne driftsulemper. Dagens landbrukspolitikk har samla sett ein sterk distriktsprofil i dei nasjonale ordningane. Regjeringa har styrkt distriktsprofilen i jordbruksoppgjeret med om lag 620 mill. kroner sidan ho blei innsett.
Eigedoms- og busetjingspolitikk
Lovgjevinga er eit viktig verkemiddel for eit aktivt landbruk. Kommunane har ei sentral rolle i gjennomføringa av eigedoms- og busetjingspolitikken etter det gjeldande lovverket.
I 2009 vedtok Stortinget etter forslag frå regjeringa ei rekkje endringar i eigedomslovene i landbruket, med odelslova, konsesjonslova og jordlova som dei viktigaste. Reglane blei enklare og meir målretta, og dei legg til rette for auka aktivitet som grunnlag for busetjing. Det er seinare gjort fleire endringar i eigedomslovene.
Meld. St. 9 (2011–2012) byggjer i all hovudsak på at dei juridiske verkemidla i eigedomspolitikken er oppdaterte for dei behova som ligg føre. For regjeringa er det viktig å leggje til rette for auka verdiskaping, auka matproduksjon og å sikre busetjinga i distrikta. Regjeringa gjorde difor i 2013 framlegg om både ny jordskiftelov og ytterlegare endringar i jordlova og odelslova.
For å nå målet om auka verdiskaping og auka matproduksjon, må det leggjast til rette for ei god arealutnytting. Jordskiftelova er eit arealpolitisk viktig verktøy som mellom anna kan redusere arealkonfliktar og leggje til rette for ei effektiv og rasjonell utnytting av fast eigedom til beste for eigarane og samfunnet. For å få ei lov som passar med tida og dei utfordringane vi har framover, vedtok Stortinget 6. juni 2013 etter forslag frå regjeringa ny jordskiftelov. Den nye lova har blitt ein betre reiskap for å gjennomføre byutviklingsprosjekt, såkalla «urbant jordskifte» som frigjev areal og på den måten lettar presset på dyrka jord til utbygging. Lova legg også til rette for ei enklare og meir effektiv sakshandsaming, samstundes som ho vil gje auka rettstryggleik for partane.
I generasjonar har det vore eit sentralt mål i landbrukslovgjevinga at eigar og brukar skal vere den same. Lovgjevinga byggjer på ei oppfatning av at ei slik eigarform tek omsyn til matproduksjon og verdiskaping på best måte. Det er i dag eit stort omfang av leigejord. For å stimulere til at aktive brukarar kan få kjøpe tilleggsareal vedtok Stortinget 6. juni 2013 etter forslag frå regjeringa endringar i delingsføresegna i jordlova. Dei nye reglane legg opp til ei enklare og meir fleksibel delingsføresegn som i større grad opnar for skjønnsmessige vurderingar tilpassa lokale behov. Dette gjev kommunane auka handlingsrom til å dele frå areal til tilleggsjord og legg dermed til rette for ei betre harmonisering av eigedoms- og bruksstrukturen. Lovendringa opnar også for at kommunane kan leggje større vekt på omsynet til busetjinga i område der det er vanskar med å oppretthalde folketalet.
Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget 6. juni 2013 også endringar i odelslova. Odelskrinsen er innskrenka slik at berre barn av eigar med odelsrett har odelsrett. Dette gjeld både noverande og tidlegare eigarar. I tillegg har også barnebarn av siste eigar med odelsrett odelsrett. Ei innskrenking av odelskrinsen opnar for at fleire eigedommar kjem på sal på den opne marknaden, og gjer det dermed mogleg for folk som ønskjer seg inn i næringa å sleppe til. Dette kan vere positivt med tanke på drifta av eigedommen, samstundes som det kan gje positive ringverknader i lokalsamfunnet. Vidare er føresegna om odelsfrigjering der ein odelseigedom er seld som tilleggsjord oppheva. Dette gjev eit klårare vern av odelsretten for dei som står att i odelskrinsen. Vidare fører endringa til regelforenkling og til redusert offentleg ressursbruk.
Som oppfølging av landbruks- og matmeldinga har departementet heva beløpsgrensa for kva for landbrukseigedommar med bustadhus som skal omfattast av priskontroll etter konsesjonslova, frå 1,5 mill. kroner til 2,5 mill. kroner. Dette vil kunne føre til auka takt i omsetnaden av landbrukseigedommar.
Regionalt tilpassa politikk
For å styrkje grunnlaget for at det framleis skal vere landbruk over heile landet, varsla regjeringa i Meld. St. 9 (2011–2012) tre grep for ein meir regionalt tilpassa landbruks- og matpolitikk. Dei nasjonale ordningane skal få ein tydelegare distriktsprofil, det skal bli betre rom for å utvikle ein politikk tilpassa lokale og regionale føresetnader og landbruksavhengige kommunar skal ha særskild merksemd i framtidig prioritering av verkemiddel og innsats.
Ei eiga arbeidsgruppe har sett på distriktsprofilen i dei nasjonale ordningane, jf. omtale over. Dei landbrukspolitiske verkemidla skal framleis ha ein sterk distriktsprofil, slik at ressursane kan utnyttast der dei finst, gjennom eit landbruk i heile landet.
Samspel i regionale og lokale partnarskap er viktig for å få til auka innovasjon og verdiskaping i landbruket. Gjennom oppretting av regionale bygdeutviklingsprogram frå 2013 blir no ein større del av verkemidla forvalta regionalt. Målsetjinga med å styrkje det regionale ansvaret var å samordne det regionale miljø- og næringsarbeidet, bidra til auka mobilisering av lokale ressursar og byggje opp under den lokale vekstkrafta. Regionale bygdeutviklingsprogram inneheld regionale planar og verkemiddel for å fremje verdiskaping og landbruksbasert næringsutvikling og for å målrette arbeidet med miljø og klima. Programma består av regionale næringsprogram, regionale miljøprogram og regionalt skog- og klimaprogram. Fylkesmannen har utarbeidd ein samla, overordna strategi i dei regionale bygdeutviklingsprogramma i kvart fylke, i samarbeid med den regionale partnarskapen, der mellom anna fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og landbruket sine organisasjonar deltek. Departementet vektlegg at potensielle synergiar mellom dei enkelte aktivitetane og elementa i programmet skal synleggjerast og utnyttast.
Innanfor rammene av ein regionalt tilpassa politikk vil departementet også ha særskild merksemd på område der landbruket speler ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing. I første fase er arktisk landbruk prioritert, med vekt på utvikling og auka utnytting av arktisk kvalitet som konkurransefortrinn for landbruket i nordområda. Frå 2014 blir også fjellandbruket prioritert. Siktemålet er å styrkje grunnlaget for berekraftig verdiskaping i fjellområda gjennom auka vare- og tenesteproduksjon med basis i ressursane frå landbruket, både innanfor tradisjonelt landbruk og bygdenæringar.
Verdiskaping og berekraft
Arealressursane, kulturlandskapet og naturmangfaldet
Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert og viktige element i den nasjonale miljøpolitikken.
Regjeringa har som mål å avgrense omdisponeringa av dyrka jord (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) til under 6 000 dekar per år. Tala for omdisponering i 2012 viser at målet ikkje er nådd. Det er difor nødvendig med sterkare merksemd på jordvern både lokalt og sentralt, og Landbruks- og matdepartementet vil framleis, i samarbeid med andre departement, føre ei restriktiv line for arealdisponering. Regjeringa vil ta i bruk verkemidla i plan- og bygningslova for å sikre dyrka mark for framtidig matproduksjon. I tillegg skal omsynet til jordvernet klargjerast og forsterkast i statlege planretningsliner, som er ei vidareføring av rikspolitiske retningsliner.
Skog dekkjer rundt 40 pst. av det norske landarealet. Skogbruk er difor viktig for verdiskapinga i store delar av landet. Regjeringa vil auke det produktive skogarealet gjennom å plante til nye areal for å utnytte skogen si evne til opptak av karbon betre. Det er samstundes eit mål å forvalte eksisterande areal meir optimalt i eit klimaperspektiv.
Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Det gjev ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme, og er leveområde for mange artar av planter og dyr. Variasjonen i dette kulturlandskapet må oppretthaldast, og ei målretta forvaltning kan bidra til å nå målet om å stanse tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å oppretthalde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for god forvaltning.
Landbruks- og matdepartementet vil også framover samarbeide med Miljøverndepartementet om dei 22 utvalde kulturlandskapa i jordbruket.
I 2014 vil departementet føre vidare deltakinga i det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og satsinga på tiltak for miljøplanar for enkeltbruk, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og miljøretta tilskott. Fleirårige handlingsplanar for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar blant planter, husdyr og skogstre og dei ville slektningane deira skal følgjast opp.
Departementet driftar Svalbard globale frøhvelv som har som mål å lagre sikkerheitskopiar av frø frå verdas viktigaste matvekstar. Frølageret har også ei viktig rolle i å skape auka forståing for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette, og departementet vil styrkje arbeidet med å gjere frøhvelvet kjent internasjonalt. Departementet vil framleis støtte opp om det nordiske samarbeidet om bevaring av genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og det nordiske partnarskapet for frøforedling, som har som mål å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.
Verkemidla i nasjonalt og regionale miljøprogram skal bidra til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgt opp gjennom dei regionale miljøprogramma.
Konkurransekraft og berekraft i jordbruket
Departementet har gjennom fleire år lagt til rette for mangfaldige næringstiltak med grunnlag i landbrukseigedommane. Det har vore god utvikling av ny vare- og tenesteproduksjon, matspesialitetar, grønt reiseliv, Inn på tunet-tilbod, energiproduksjon med vidare. Det er samstundes eit stort uutnytta potensial på mange område. I Meld. St. 9 (2011–2012) blir omgrepet bygdenæringar nytta som eit fellesomgrep på desse næringane. For å vidareutvikle bygdenæringane er det nødvendig å gje auka prioritet til dette området. Ein viktig del av dette arbeidet er å utnytte lokale og regionale særpreg til å skape konkurransefortrinn. Samarbeid mellom landbruk og andre næringar og sektorar er også viktig.
Bygdeutviklingsmidlane er tradisjonelt det viktigaste økonomiske verkemiddelet for næringsutvikling i og i tilknyting til landbruket. Gjennom oppretting av regionale bygdeutviklingsprogram frå 2013 og forslaget om å auke løyvinga til bedriftsretta bygdeutviklingsmidlar i 2014, vil Landbruks- og matdepartementet leggje til rette for dei som er villige til å satse på utvikling av bygdenæringar.
Departementet vil vurdere å føre vidare verkemiddelbruken mellom anna gjennom Selskapet for industrivekst SF (SIVA) og Innovasjon Noreg si satsing på inkubasjon blant mat- og naturbaserte verksemder, gjennom Verkemiddel for regional innovasjon (VRI) og ved å utvikle kommunane og fylkeskommunane si rolle som regionale utviklingsaktørar vidare gjennom lokale og regionale partnarskap. Samspelet mellom næring, forsking og forvaltning skal også framover bli vektlagt på alle nivå.
Innanfor satsinga på lokal mat og grønt reiseliv vil regjeringa fortsetje arbeidet med å leggje til rette for auka verdiskaping og produksjon av norske matvarer med høg kvalitet. Det er også sentralt å utvikle lønsame, heilskaplege, landbruksbaserte reiselivsprodukt, som kan styrkje lokal og regional verdiskaping og innovasjonsevne gjennom samarbeid og fellestiltak. Frå 2013 blei satsingane på lokal mat, grønt reiseliv og innlandsfiske slått saman til eitt program på nasjonalt nivå – Utviklingsprogrammet for lokal mat og grønt reiseliv. Innanfor matsatsinga vil det også i 2014 bli satsa på moglegheiter for vekstbedrifter og bedrifter i nettverk og forpliktande produsentsamanslutningar, kompetansetilbod og omdømmebygging.
Jakt og fiske har lange tradisjonar i Noreg og er ei kjelde til rike naturopplevingar. Sal av jakt- og fiskeprodukt med tilleggstenester er i dag ein viktig del av det landbruks- og naturbaserte reiselivet, og kan utviklast til å bli enda viktigare og komme enda fleire til gode. Vidareutvikling av samarbeidet mellom grunneigarar om ressursgrunnlaget, utvikling av meir tilrettelagte produkt og opplevingar, merkevarebygging, destinasjonsutvikling og marknadsføring, er sentrale element i dette. Kunnskap og kompetanse er viktig for å få til ei slik utvikling. Regjeringa vil vidareføre samarbeidet med mellom andre Innovasjon Noreg, Noregs Forskingsråd og Skogbrukets Kursinstitutt på dette feltet.
Inn på tunet er ei næring i vekst. Om lag 1 100 gardar tilbyr tenester innanfor helse, omsorg, arbeid, skule og oppvekst. Det er eit mål at desse tenestene blir ein prioritert del av tenestetilbodet i kommunane. Landbruks- og matdepartementet står, i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet, bak nasjonal strategi for Inn på tunet som kom i 2012. Strategien blei følgt opp med ein eigen handlingsplan for Inn på tunet i 2013. Nettverks- og kompetanseutvikling, styrkt samarbeid og rolledeling mellom aktørane, samt forsking, kvalitetssikring og lønnsemd i tenestene, er sentrale tema i handlingsplanen. Hovudoppgåva i 2014 er å følgje opp handlingsplanen. Stiftinga Matmerk forvaltar eit eige kvalitetssikringssystem for Inn på tunet, og har ansvaret for overordna marknadsføring, merkevarebygging og drift av den nye nettstaden for Inn på tunet som blei etablert i 2013.
Matkjedeutvalet si innstilling, NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt peikte på vesentlege utfordringar i den norske verdikjeda for mat. Matkjedeutvalet la fram ei rekkje forslag til tiltak og regjeringa har følgt opp fleire av tiltaka.
I oktober 2012 oppnemnde regjeringa, ved Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Landbruks- og matdepartementet, eit ekspertutval som har greidd ut om korleis prinsippet om god handelsskikk i daglegvarebransjen og omsynet til forbrukarane kan varetakast i lovgjevinga. Eit samstemd lovutval konkluderte med at forhandlingane og kontraktforholda mellom leverandørar og daglegvarekjedene er av ein slik art at Noreg treng ei lov om god handelsskikk som vil leie til samfunnsøkonomisk effektive løysingar og som tek vare på viktige forbrukarhensyn som lågare prisar, betre utval, tilgjenge og kvalitet. Utvalet foreslo å opprette eit handelstilsyn for å føre tilsyn med og handheve lova. Dagligvarelovutvalets innstilling har vore på høyring, og departementa arbeider no vidare med forslaget.
Matkjedeutvalet anbefalte også ei utgreiing av moglegheitene for ein daglegvareportal som skal samanfatte informasjon til forbrukarar om pris, kvalitet og utval. Forbrukarrådet fekk i oppdrag å utgreie ei informasjonsløysning på nettet. Rapporten er tilgjengeleg på Forbrukarrådet sine nettsider www.forbrukerrådet.no.
Matkjedeutvalet tilrådde også at næringsdeklarasjon på daglegvarer blir obligatorisk, og at opphavsmerking, produsent og produksjonsstad skal innførast som ei obligatorisk merking også for eigne merkevarer (EMV). Her følgjer Noreg prosessen på matinformasjonsforordninga i EU. Noreg har gjort eit viktig arbeid for å påverke EU til å innføre obligatorisk næringsdeklarasjon og utvide opphavsmerkinga. Det blir teke sikte på at forordninga er gjennomført i norsk regelverk innan desember 2014, når overgangsperioden i regelverket har gått ut.
I tillegg til desse tiltaka, er Landbruks- og matdepartementet i samråd med andre aktuelle departement, også i gang med å vurdere andre forslag til tiltak frå Matkjedeutvalet.
Det er alt sett i verk tiltak for å auke marknadstilgangen for småskalaprodusentar, t.d. gjennom Utviklingsprogrammet for lokal mat og grønt reiseliv som er forvalta av Innovasjon Noreg. Departementet vil vurdere ytterlegare innsats på dette området.
Økologisk matproduksjon skal vere ein spydspiss i miljørettinga av jordbruket og bidra til å auke mangfaldet i matvaresektoren. Løyvingane over jordbruksavtalen skal sikre stabilitet for produsentar med økologisk drift, uavhengig av svingingar i marknaden. I 2012 var omsetnaden av økologiske varer rekordstor, med ein auke på 17 pst. frå året før. Det er nyleg gjennomført ei evaluering av produksjonstilskott og midlar til utviklingstiltak til økologisk landbruk. Evalueringa viste at produksjonstilskotta i all hovudsak er innretta på ein fornuftig måte. I følgje evaluator har utviklingsmidlane bidrege til å redusere flaskehalsar og marknadssvikt i verdikjeda. Evalueringa viste også at forvaltningseffektiviteten kan bli betre. Som eit resultat av dette, blei det i jordbruksoppgjeret 2013 bestemt å flytte ein del av utviklingsmidlane til rådgjevingstenesta og regional forvaltning, for at utviklingsarbeidet innan økologisk landbruk i større grad skal kunne integrerast i rådgjeving og i det generelle miljø- og næringsutviklingsarbeidet. Det blei også bestemt i jordbruksoppgjeret 2013 å avvikle omleggingstilskottet for areal som blir lagt om frå og med 2014. Det blei difor også bestemt å auke prisnedskrivingstilskottet til korn. Den samla satsinga på økologisk produksjon over jordbruksavtalen i 2014, jf. Prop. 164 S (2012–2013), er på om lag 170 mill. kroner.
Verkemidla i nasjonalt og regionale miljøprogram skal bidra til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgt opp gjennom dei regionale miljøprogramma. Nasjonalt miljøprogram og dei regionale miljøprogramma har blitt rullerte med verknad frå 2013.
Departementet legg opp til ei vidare satsing for å redusere forureininga frå fosfor, nitrogen og erosjon til vassdrag og kystområde. Departementet har sett i gang ein gjennomgang av regelverket om lagring og bruk av husdyrgjødsel. Målet er ei betre utnytting av næringsstoffa slik at utsleppa til vatn og luft blir mindre.
For å nå måla i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2010–2014) blir det mellom anna lagt sterk vekt på kunnskap og haldningar hos produsentane, særleg om integrert plantevern, der ulike tiltak og metodar for å redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel blir kombinerte.
I Meld. St. 21 (2011–2012) har regjeringa peikt på kva for klimabidrag auka produksjon av biogass i Noreg kan gje. I jordbruksoppgjeret i 2013 vedtok regjeringa å auke den økonomiske støtta til leveranse av husdyrgjødsel til biogassanlegg. Dette vil saman med anna verkemiddelbruk bidra til auka produksjon av biogass basert på husdyrgjødsel.
Konkurransekraft og berekraft i skogbruket
Skogbruket er ei viktig næring i distrikta, og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Skogbruk og trebasert industri hadde i 2011 om lag 25 000 sysselsette i Noreg. Verdiskapinga skjer i heile verdikjeda, frå skogbruksverksemda, via transport og fram til foredling av trevirket til papir, brensle, konstruksjonsvirke med vidare. Skogsektoren er uskjerma og konkurranseutsett. Skogen tek opp store mengder CO2, som blir lagra i biomasse og jordsmonn og er difor viktig i klimasamanheng. Auka bruk av fornybar bioenergi og auka bruk av tre framfor meir energikrevjande materiale vil gje viktige bidrag til energiforsyninga og minske utsleppa av klimagassar.
Ein konkurransedyktig treforedlingsindustri er avgjerande for velfungerande verdikjeder frå skog til marknad. Treforedlingsindustrien har slitt med låg lønsemd gjennom mange år, og det har vore fleire nedleggingar og permitteringar og nedjusteringar i produksjonskapasitet dei siste åra. Konjunkturnedgangen har halde fram i 2013, og skogsektoren er inne i den største krisa sidan 1930-talet. Produksjonen på ei av dei største treforedlingsbedriftene i landet, Södra Cell Tofte AS, blei lagt ned i august 2013. Dette har ført til press på avsetnad og pris på store mengder massevirke, og auka transportarbeid- og kostnadar, med konsekvensar også for lønsemd og konkurranseevne til sagbruk og annan tremekanisk industri.
Med bakgrunn i denne utviklinga, og dei store ringverknadene for sysselsetjing og verdiskaping i heile skog- og trenæringa, blei det i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013 vedteke ei tilleggsløyving på 250 mill. kroner til næringa over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet, Samferdselsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. I tillegg blei kapitalen i Investinor utvida med 500 mill. kroner øyremerkt til skog- og trenæringane. Midlane over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett, totalt 75 mill. kroner, skal gå til infrastrukturtiltak og innovativ trebruk. Det blei løyvd 100 mill. kroner over Samferdseldepartementet sitt budsjett til utbetring av flaskehalsar for tømmertransport på offentlege vegar. Det er også bestemt å tillate lengre og tyngre tømmervogntog på vegar som toler dette, som tiltak for meir kostnadseffektiv tømmertransport. Vidare blei det løyvd 75 mill. kroner til innovasjonstilskott, forsking og utvikling i næringa over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett.
Regjeringa legg til grunn at det er behov for ytterlegare styrking av konkurransekrafta i verdikjedene for skogprodukt. Dette med grunnlag i ei brei tilnærming av utfordringane i heile næringa for å sikre betre effektivitet, lønsemd og leggje til rette for utvikling av nye produkt og produksjonsmetodar.
Sjølv om situasjonen for næringa, spesielt innan treforedlingsindustrien, er svært krevjande, er det likevel enkeltbedrifter innan næringa som går bra og har positiv utvikling. Kjenneteikn på desse bedriftene er mellom anna satsing på kostnadseffektiv produksjon av produkt som toler norsk kostnadsnivå.
Det skal i 2013 setjast i gang eit arbeid for å utarbeide ein strategi for auka konkurranseevne i skogsektoren – Skog22. Den skal blant anna ta for seg forsking og utvikling. Strategien skal bidra til å realisere verdiskapingspotensialet i skogsektoren og bidra til utvikling av ein meir bærekraftig økonomi. Norske skogressursar har gjennom fleire hundre år lagt grunnlag for industri og verdiskaping basert på fornybart bioråstoff. Gjennom ny teknologi er det i prinsippet mogleg å produsere mykje av det vi i dag produserer frå olje, frå trevirke. Som eit ledd i dette, er det oppretta eit program i Innovasjon Noreg for industriell bioraffinering i 2013, jf. også omtalen under kapittel 1149, post 74.
I St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen og Meld. St. 9 (2011–2012) er det gjort greie for skogens positive verknad på den samla norske klimagassrekneskapen, og også i Meld. St. 21 (2011–2012) får skogen ei viktig rolle i klimapolitikken framover. Skogen er også leveområde for mange arter, rik på kulturminne og ei viktig kjelde til friluftsliv og opplevingar.
Regjeringa vil føre ein offensiv skogpolitikk, og legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål. Regjeringa vil styrkje oppbygginga av skogressursane. Dei viktigaste verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tiltak for auka bruk av tre og auka produksjon og bruk av bioenergi.
Informasjon og tilgjengeleg kunnskap om skog og skogbruk, klima og miljø/biologisk mangfald er omfattande, og kjem frå mange ulike kjelder. For å lette tilgangen til skogbruks- og miljødata, har departementet teke initiativ til å samle relevant dokumentasjon i ein årleg rapport om berekraftig skogbruk – næring og miljø. Rapporten vil bli utforma slik at den også kan nyttast i rapporteringa til internasjonale skogpolitiske prosessar. Siktemålet er at den første rapporten kjem i løpet av hausten 2013.
Av omsyn til ressursoppbygging og karbonopptak i skog har departementet bede Fylkesmennene og kommunane om å føre betre tilsyn med at skogeigarane følgjer opp foryngingsplikta og at dei prioriterer forynging høgt. Statens Landbruksforvaltning vil i 2014 halde fram med å følgje opp dette arbeidet. Departementet vil føre vidare satsinga på prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) og innsatsen for skogbruksplanlegging, for å leggje eit godt grunnlag for berekraftig skogbruk.
Regjeringa meiner at auka innsats i skogplanteforedling er ei investering for framtida, og vil forsterke innsatsen på dette feltet. Planteforedling er også nødvendig for god framtidig klimatilpassing og auka opptak av CO2. I St.meld. nr. 39 (2008–2009) er det vist til at auka innsats i skogplanteforedling kan auke det årlege CO2-opptaket med 1,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar i løpet av 50 til 100 år.
Produksjon av bioenergi vil ha høg prioritert også i 2014. Auka bruk av skogråstoff til bioenergi og leveranse av biovarme er eit grunnlag for næringsutvikling og verdiskaping i skognæringa. Auka produksjon av bioenergi skal bidra til å nå målet til regjeringa om større produksjon av fornybar energi og til å redusere utsleppa av klimagassar. Dei viktigaste verkemidla til departementet er Bioenergiprogrammet og tilskott til uttak av skogsråstoff til flisproduksjon. Dei to programma har så langt gjeve gode resultat, og aktiviteten har auka år for år.
Trebasert Innovasjonsprogram er departementet sitt hovudverkemiddel for å auke bruken av tre og styrkje lønnsemda i verdikjeda. Bruk av tre er ikkje minst eit viktig klimapolitisk tiltak fordi trevirke bind karbon gjennom heile livsløpet. Programmet har som mål å auke bruken av tre, mellom anna gjennom å utvikle trebyggeri i byar og tettstader og å utvikle standardar for bruk av tre i landbruksbygg.
Det skjer ei kontinuerleg utvikling av tre som materiale og av trearkitekturen, og den aukande interessa for trebaserte løysingar i byggenæringa har bidrege til at nye konsept og løysingar er blitt utvikla. Nye moglegheiter for bruk av tre er mellom anna knytte til nye byggeskikkar, endra arkitektoniske løysingar, bruk av massivtre, byggsystem i form av stokkar og element med isolasjon, isolert standardverk m.m. Det er venta framleis stor aktivitet i utviklinga av nye konsept og løysingar.
Økonomisk og økologisk berekraftig reindrift
Samisk reindrift bidreg til eit levande landbruk gjennom beitebruk i fjellområde og utmark, og har eit stort potensial for auka verdiskaping. Styresmaktene er inne i sluttfasen av dei prosessane som reindriftslova føreskriv for fastsetjing og reduksjon av talet på rein. Reindriftsstyret har vinteren 2013 fastsett fristar for ein forholdsmessig reduksjon. I dei siidaene som må redusere talet på rein, har den enkelte siidaandelen fått fastsett ein frist for reduksjon av flokken sin. Det er no den enkelte siidaandelen sitt ansvar å følgje opp vedtaka som er fatta og gjennomføre sjølve reduksjonen innan gjevne fristar.
Den 27. mai 2013 vedtok Stortinget ei endring av reindriftslova som inneber ei avvikling av områdestyra og overføring av styra sine oppgåver til fylkesmannen. Samstundes gav Stortinget si støtte til regjeringa sitt framlegg om ei administrativ overføring av områdekontora til Fylkesmannen. Hensikta med endringane er i større grad å harmonisere og inkludere forvaltninga av reindrifta med anna offentleg forvaltning, og å tydeleggjere forvaltningsstrukturen. Vidare vil endringane etter departementet sitt syn, gje ei offentleg forvaltning av reindrifta som er tydeleg og oversiktleg i struktur, oppbygging og oppgåvefordeling. Sjå nærare omtale under kapittel 1147.
For å nå dei reindriftspolitiske måla er det naudsynt at reindriftslova og reindriftsavtalen utfyller kvarandre. Gjennom reindriftsavtalen 2013/2014 er det lagt til rette for dette mellom anna ved at det no blir mogeleg å nytte økonomiske verkemiddel for å følgje opp godkjende bruksreglar. I dette ligg det at siidaandelar som ikkje reduserer talet på dyr i samsvar med reduksjonsplanane, eller følgjer opp med ein forholdsmessig reduksjon gjennom slaktesesongen 2013/2014, vil få ei betydeleg avkorting i tilskotta sine. Reindriftsavtalen 2013/2014 legg til rette for auka slakting og omsetnad av reinkjøtt i alle ledda i verdikjeda. På denne måten bidreg avtalen til ei positiv utvikling og inntening hos den enkelte reindriftsutøvaren. Samstundes underbyggjer avtalen den dreiinga ein har hatt dei siste åra, med ei tilrettelegging for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudverksemd.
Reindrifta er svært arealavhengig, og inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Regjeringa vil difor vidareføre og forsterke innsatsen for å redusere dette problemet. Den nye plan- og bygningslova er den sentrale lova for arealforvaltning. Lova gjev nye moglegheiter for ei meir heilskapleg forvaltning av areal i det enkelte reinbeitedistriktet. For å leggje til rette for ei betre sikring av areal nytta i reindrifta, vil det vere viktig at fylkeskommunar og kommunar i dei samiske reinbeiteområda følgjer opp nasjonale føringar og tek dei nye verkemidla i bruk.
Gode kompetansemiljø, likestilling og rekruttering
Landbruks- og matsektoren sitt arbeid for å sikre god og rett kompetanse i landbruket står sentralt i arbeidet for å sikre eit aktivt landbruk, verdiskaping og busetjing i heile landet. Auka produksjon av mat i tider med endring i klima krev kompetanse i heile verdikjeda. Eit styrkt skogbruk som skal bidra til å nå viktige klimamål, vil også innebere behov for auka rekruttering. Vi må difor få fleire til å velje landbruk som yrke, både innanfor jord- og skogbruk, industri, rådgjeving, forvaltning, utdanning og forsking.
Eit godt heilskapleg utdanningstilbod er viktig for å sikre god kompetanse i næringa. Departementet gjennomfører i 2013 ei evaluering av landbruks- og gartnarutdanninga på vidaregåande nivå og ei kartlegging av samfunnet sitt behov for landbruks- og matfagleg utdanning i fagskulane. Evalueringa og kartlegginga vil gje kunnskap som grunnlag for tiltak for å møte landbrukssektoren sine behov for kompetanse på kort og lang sikt. Departementet vil også sette i verk omdømmetiltak for å sikre fleire studentar innanfor skogbruksfag. Tiltak for å styrkje arbeidet med rekruttering til utdanning innanfor landbruk og matfag på alle nivå, vil bli sett i verk, jf. omtale av rekruttering, likestilling og kompetanseheving under kap. 1150.
Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner frå 2008 er ei felles satsing frå sju departement. Målet for planen er at vesentleg fleire kvinner skal bli entreprenørar og at delen kvinner skal vere 40 pst. innan 2013. Ei midtvegsevaluering av handlingsplanen utført av NIFU i 2011, viser at departementa og verkemiddelapparatet har følgt opp planen.
Departementet har bede Innovasjon Noreg om å prioritere kvinner som målgruppe generelt og å arbeide for ein vesentleg auke i delen som går til kvinner innanfor aktuelle program og tenester. Innovasjon Noreg har følgt opp dette gjennom ei generell forsterka kvinnesatsing, med kvinner som prioritert målgruppe innanfor alle program og tenester, samt eigne kvinnespesifikke tiltak som Årets gründerkvinne og Ledermentor. Innovasjon Noreg er også bede om å arbeide for ein auka del kvinner i styre og leiing for verksemder som tek imot støtte.
Strategi for likestilling i landbrukssektoren frå 2007 ligg til grunn for næringa sitt arbeid med likestilling. Strategien har mål om 40 pst. kvinneleg representasjon i eigarskap, næringsutøving og styrande organ i landbrukssektoren.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70 | Støtte til organisasjonar, kan overførast | 24 097 | 24 737 | 25 603 |
71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast | 5 359 | 5 350 | 4 037 |
Sum kap. 1138 | 29 456 | 30 087 | 29 640 |
Post 70 Støtte til organisasjonar
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Departementet kan gje støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå innan landbruks- og matområdet som:
formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren
fremjar forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmenta generelt
medverkar til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytte til gardsbruk og bygdenæringar
fremjar miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon
fremjar likestilling i sitt arbeid
Storleiken på tilskotta blir blant anna fastsett ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane, den finansielle situasjonen deira og anna finansiering som organisasjonane mottek.
Innsendte årsmeldingar og revisorgodkjende rekneskap er grunnlag for oppfølging og kontroll. Eventuelle andre vilkår som blir lagde til grunn i tilskottsbrev til den enkelte organisasjonen vil også bli følgt opp.
Rapportering 2012
Landbruks- og matdepartementet fordeler løyvingar til organisasjonar direkte i departementet sin budsjettproposisjon (Prop. 1 S). For 2012 blei det fordelt 24,097 mill. kroner til 23 organisasjonar, jf. Tabell 2.3.
Tabell 2.3 Oversikt over støtte til organisasjonar, 2012
Organisasjon | Støtte 2012 |
---|---|
Biologisk-dynamisk forening | 175 000 |
Det norske Skogselskap | 1 050 000 |
Dyrevernalliansen | 400 000 |
Dyrevern Ung | 100 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 050 000 |
Hageselskapet | 1 100 000 |
Hanen | 2 050 000 |
Hest og Helse | 200 000 |
Jenter i skogbruket | 172 000 |
Natur og Ungdom | 200 000 |
Norges Birøkterlag | 200 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 450 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 200 000 |
Norges Vel | 2 100 000 |
Norske lakseelver | 500 000 |
Norsk Gardsost | 250 000 |
Norsk Kulturarv | 350 000 |
Norsk Landbruksmuseum | 3 250 000 |
Norsk seterkultur | 250 000 |
OIKOS – økologisk landslag | 2 900 000 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 250 000 |
ZERO – Zero Emission Resource Organisation | 100 000 |
4H Norge | 6 800 000 |
Sum | 24 097 000 |
Budsjettframlegg 2014
Landbruks- og matdepartementet har motteke 29 søknader for 2014, og blant desse er det 12 nye søkjarar. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 25,603 mill. kroner for 2014, fordelt på 25 organisasjonar, jf. Tabell 2.4. Organisasjonar på nasjonalt nivå som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde er prioriterte i framlegget.
Som ein del av ordninga har departementet frå 2013 inngått samarbeidsavtalar med enkeltorganisasjonar. Innhaldet i samarbeidsavtalane er fastsett i dialog med dei aktuelle organisasjonane. Avtalane kan bli inngått for inntil tre år, mens løyving blir gjeve for eitt år om gongen, og med atterhald om løyving frå Stortinget i avtaleperioden.
Det er inngått treårige samarbeidsavtalar med 14 organisasjonar frå 2013: Norges Vel, 4H Norge, Norsk Landbruksmuseum, OIKOS – økologisk landslag, Slipp oss til – ungdom inn i landbruket, Norges Bygdekvinnelag, Norsk Kulturarv, Hageselskapet, Jenter i skogbruket, Det Norske Skogselskap, Hest og Helse, Hanen, Norske lakseelver og Bondens marked.
Tabell 2.4 Oversikt over støtte i 2013 og budsjettframlegg for 2014
(i kroner) | ||
---|---|---|
Organisasjon | Støtte 2013 | Forslag 2014 |
Biologisk-dynamisk Foreining | 175 000 | 150 000 |
Bondens marked | 500 000 | 500 000 |
Det norske Skogselskap | 1 140 000 | 1 140 000 |
Dyrevernalliansen | 400 000 | 400 000 |
Dyrevern Ung | 100 000 | 100 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 050 000 | 1 500 000 |
Geitmyra matkultursenter for barn | - | 400 000 |
Hageselskapet | 1 100 000 | 1 100 000 |
Hanen | 2 050 000 | 2 050 000 |
Hest og Helse | 200 000 | 200 000 |
Jenter i skogbruket | 172 000 | 172 000 |
Natur og Ungdom | - | 100 000 |
Nobio – norsk bioenergiforening | - | 170 000 |
Norges Birøkterlag | 220 000 | 221 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 400 000 | 400 000 |
Norges Bygdeungdomslag1 | 200 000 | - |
Norges Vel | 2 000 000 | 2 000 000 |
Norske lakseelver | 500 000 | 500 000 |
Norsk Gardsost | 250 000 | 250 000 |
Norsk juletre – rådgiving juletre og pyntegrønt1 | 80 000 | - |
Norsk Kulturarv | 350 000 | 350 000 |
Norsk seterkultur1 | 250 000 | - |
OIKOS – økologisk landslag | 2 900 000 | 2 900 000 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 250 000 | 250 000 |
Spire | 100 000 | 100 000 |
TreSenteret | - | 300 000 |
Vitenparken2 | 3 250 000 | 3 250 000 |
4H Norge | 7 100 000 | 7 100 000 |
Sum | 24 737 000 | 25 603 000 |
1 Norges Bygdeungdomslag, Norsk juletre og Norsk seterkultur har ikkje søkt om støtte for 2014/har ikkje søkt om støtte innan søknadsfristen.
2 Norsk landbruksmuseum endra i 2013 namn til Vitenparken.
Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar
Formål med løyvinga
Posten omfattar midlar som skal dekkje Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar, tilskott til organisasjonar, kostnader knytte til rapportering og anna. Departementet vil leggje opp til å nytte kompetanse og personar ved norske institusjonar, som til dømes Norsk institutt for skog og landskap, i det internasjonale skogpolitiske arbeidet.
Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FN sitt skogforum (United Nations Forum on Forests) er ein viktig arena for dette globalt, mens Forest Europe er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. Forest Europe samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står overfor. Forest Europe legg også til rette for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning.
Løyvinga skal også nyttast til medverknad frå Noreg i andre fora for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, som til dømes FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) og European Forest Institute (EFI).
Rapportering 2012
Over posten blei det løyvd midlar til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Noreg har lagt stor vekt på det skogpolitiske samarbeidet i Forest Europe, og hadde formannskapet for samarbeidet mellom 2008 og 2011. I 2012 blei det arbeidd med å følgje opp vedtaka frå ministerkonferansen i Oslo i 2011. Noreg bidreg til finansieringa av prosessen gjennom ein årleg kontingent. I 2012 var denne på om lag 1 mill. kroner, tilsvarande 16 pst. av det samla budsjettet for sekretariatet.
Hovudtyngda av det europeiske skogpolitiske arbeidet i 2012 var oppfølginga av vedtaket på ministerkonferansen om å starte forhandlingar om ein europeisk avtale om berekraftig skogforvaltning. Noreg deltek i byrået som har ansvar for å drive arbeidet med ein europeisk skogavtale framover, og har vore blant bidragsytarane til forhandlingane.
Løyvinga på denne posten blei også nytta til å støtte Noreg sin medverknad i United Nations Economic Commission for Europe (UNECE). UNECE har ein tømmerkomité som legg til rette informasjon og statistikk om mellom anna skogressursane og marknadsforhold for skogprodukt. Departementet gav tilskott til norske institusjonar og organisasjonar som tok del i dette arbeidet.
Departementet bidrog i 2012 med midlar til ein konferanse om skog og matsikkerheit som FAO arrangerte i mai 2013.
Budsjettframlegg 2014
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,037 mill. kroner til internasjonalt skogpolitisk arbeid.
Forest Europe vil i 2014 i hovudsak arbeide med å følgje opp vedtaka frå ministerkonferansen i Oslo i 2011. Budsjettet til sekretariatet for Forest Europe blir finansiert av ei gruppe land som inngår i koordineringsgruppa for Forest Europe. Spania er for tida leiar av arbeidet i Forest Europe og vil dekkje hovuddelen av budsjettet. Noreg vil framleis vere medlem av koordineringsgruppa saman med Tyrkia, Spania, Slovakia og Tyskland. I 2014 vil Noreg sin obligatoriske kontingent vere om lag 8 pst. av det samla budsjettet.
Forhandlingane om ein rettsleg bindande skogavtale i Europa vil etter planen bli avslutta i 2013. Dersom ein får ein avtale vil ein måtte vurdere på kva måte Noreg skal følgje opp denne. Bidrag til finansieringa av avtalen og til arbeidet i sekretariatet for avtalen vil bli vurdert frå denne posten.
Løyvinga kan også nyttast til å støtte opp om institusjonar som driv internasjonal utgreiingsverksemd og kunnskapsutvikling, til dømes EFI. EFI er oppretta som ein internasjonal organisasjon der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av europeiske skogspørsmål, og er ein viktig aktør i denne samanheng.
I tillegg deltek Noreg i ei rekkje andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, mellom anna i UNECE, FAO og FN sitt skogforum. Løyvinga vil difor også bli nytta til medverknad frå Noreg i slike forum. Med sikte på å nytte kompetanse og kunnskap i Noreg på ein effektiv måte i internasjonalt samarbeid, er det aktuelt å nytte løyvinga til oppdrag til norske institusjonar og organisasjonar.
Departementet har utnemnd SLF til ansvarleg myndigheit for oppfølging av forordning 995/2010 om handel med tømmer og treprodukt. Det er gjort ei rammeoverføring på 1,5 mill. kroner frå denne posten til kap. 1143 post 01. Løyvinga skal nyttast til arbeidet SLF utfører innanfor oppfølging av forordninga.
Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70 | Tilskott til miljø- og ressurstiltak, kan overførast | 17 850 | 17 293 | 17 898 |
71 | Tilskott til genressursforvaltning, kan overførast | 21 265 | 21 620 | 22 027 |
Sum kap. 1139 | 39 116 | 38 913 | 39 925 |
Post 70 Tilskott til miljø- og ressurstiltak
Formål med løyvinga
Over post 70 blir det gjeve støtte til tiltak og spreiing av kunnskap på målområdet berekraftig landbruk, med særskilt vekt på resultatområda sikre naturmangfald og redusere forureininga frå jordbruket. Det er nødvendig med god kunnskap om og godt oversyn over miljøverdiar og ressursar for å få til berekraftig arealbruk og næringsverksemd. Over posten gjev departementet støtte til vedlikehald av digitale markslagskart som gjev næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet, og til kartlegging og overvakingsprogram for biologisk mangfald i kulturlandskap og skog. Rapportering og resultatkontroll som reknar på effektar av miljøtiltak slik at ein kan vurdere omfanget av miljøforbetringane og måloppnåing i jordbruk og skogbruk blir også støtta. I tillegg støttar departementet informasjonsarbeid og mindre prosjekt som fremjar miljøtiltak og ressurskunnskap i jordbruket og skogbruket over posten.
Rapportering 2012
Over post 70 blei det løyvd 8,071 mill. kroner til vedlikehald av digitale markslagskart, som gjev næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet. Midlane er, i tråd med jordbruksavtalen inngått i 2011, knytt til framtidig vedlikehald av DMK/AR5-kartgrunnlaget, som landbruket bidreg med i det nasjonale kartsamarbeidet Geovekst. Dette sikrar at føretaka i landbruket har rett til gratis kartdata og flybilete. Karta ligg til grunn for tenesta Gardskart på internett frå Norsk institutt for skog og landskap, og gjev alle eigarar av landbrukseigedom tilgang til kart og arealstatistikk for eigedommen sin.
Landbruks- og matdepartementet gav også i 2012 støtte til vidare utvikling av eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg for biologiske miljøverdiar i skog – Miljøregistreringar i skog (MiS). MiS-prosjektet har også ein kulturminnedel, og totalt blei det tildelt 4,607 mill. kroner til dette arbeidet i 2012.
Miljøregistreringane blir i hovudsak utført samstundes med andre ressursregistreringar i samband med utforming av skogbruksplanar for skogeigedommane. MiS-prosjektet er lagt til Norsk institutt for skog og landskap, og instituttet har i 2012 publisert resultat frå arbeidet, henta inn kunnskap for å forbetre registreringane og arbeidd med praktisk oppfølging av miljøregistreringsarbeidet. Det meste av det produktive skogarealet er no kartlagt, og det blei starta eit arbeid for å ajourføre og oppdatere desse i den nettbaserte innsynsløysinga Kilden ved Skog og landskap. Enkeltfunn av arter og tilfeldige observasjonar er ikkje eigna til å forvalte areal etter, men ei systematisk kartlegging av livsmiljø for raudlistearter, som ein får gjennom MiS, gjev eit samanliknbart og godt dokumentert avgjerdsgrunnlag. Desse livsmiljøa blir også registrerte i Landsskogtakseringa, noko som gjev god statistikk for omfang og utvikling av livsmiljø på nasjonalt og regionalt nivå. Resultata blir nytta i skogbruksplanlegging, men også i arbeidet med naturtypekartlegging i kommunane. I MiS-delprosjektet om kulturminne har Norsk institutt for skog og landskap i 2012 samarbeidd med Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) om bruk av fjernmålingsdata (laser) for kulturminneregistreringar. Det er også starta opp eit arbeid for å kvalitetssikre allereie tilgjengeleg informasjon om kulturminne gjennom å leggje dei inn blant miljødata i Kilden.
I 2012 blei det løyvd midlar til Bioforsk til gjennomføring av informasjonstiltak for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel, med særleg vekt på området integrert plantevern. Midlane har mellom anna blitt nytta til formidling av kunnskap til brukarane, rettleiingstenesta og allmenta, til deltaking på markdagar og møte, til vidare utvikling av plantevernleksikonet og av temasider om integrert plantevern.
Over posten blei det også løyvd midlar til produksjon av den årlege rapporten Jordbruk og miljø – resultatkontroll jordbruk frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er også starta opp arbeid med ei utvalsgransking som skal bli utført av SSB for å betre kunnskapsgrunnlaget for bruken av husdyrgjødsel. Undersøkinga held fram i 2013.
Tilskottet til miljøinformasjonstiltak i skogbruket, medrekna mellom anna økologi i fjellskogen på Hirkjølen i Oppland fylke, blei vidareført. Posten er også nytta til å finansiere resultatkontroll i skogbruket. Kontrollen er knytt til overvaking av utviklinga av skogtilstanden og til planlegging og gjennomføring av konkrete tiltak i skog, slik som skogkultur, vegbygging og skogbruksplanlegging, jf. nærare omtale under kap. 1150. Resultatkontrollen krev innsats frå kommunane og fylkesmennene, og resultata blir samordna fagleg av Norsk institutt for skog og landskap i nær kontakt med Statens landbruksforvaltning. Resultatkontrollen viser mellom anna at det blir gjort for lite for å forynge skogen etter hogst.
Det blei også utlyst midlar frå denne posten til prosjekt for å betre og formidle miljø- og ressurskunnskap innanfor jordbruk, kulturlandskap og skogbruk, med sikte på meir berekraftig forvaltning av ressursane på landbruksareala. I alt 1,643 mill. kroner blei gjeve i støtte til 13 organisasjonar og føretak til prosjekt i tråd med kriteria i kunngjeringa.
Budsjettframlegg 2014
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 17,898 mill. kroner på post 70 og legg opp til ei fordeling av midlane over posten slik Tabell 2.5 viser.
Tabell 2.5 Budsjett for kap. 1139, post 70 i 2013 og budsjettframlegg for 2014
(i 1 000 kr) | ||
---|---|---|
Tiltak | Budsjett 2013 | Framlegg 2014 |
Digitale markslagskart (DMK) | 8 071 | 8 071 |
Prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) | 4 607 | 4 607 |
Informasjonstiltak o.a. knytt til jordbruk og kulturlandskap o.a. | 2 350 | 2 768 |
Informasjonstiltak o.a. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket o.a. | 1 052 | 1 239 |
Nasjonalt program for naturmangfald | 1 213 | 1 213 |
Sum kap. 1139, post 70 | 17 293 | 17 898 |
I 2014 vil departementet føre vidare arbeidet med å forbetre miljø- og ressurskunnskapen. Betre kunnskap er ein føresetnad for berekraftig areal- og ressursbruk og næringsverksemd. Slike tiltak blir finansierte både over dette kapitlet og over kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet.
Departementet gjer framlegg om å vidareføre løyvinga på 8,071 mill. kroner til vedlikehald av digitale markslagskart ved Norsk institutt for skog og landskap. Løyvinga skal bidra til å halde oppe kvaliteten av dette nyttige kartverket som gjev næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet, og jordbruket vil framleis ha rett til gratis kartdata.
Skog og klima er omtalt i St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen og sist i Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk. Aktiv bruk av skogen er eit viktig tiltak i klimapolitikken, og det er eit mål å auke tilplantinga på nye areal. Dette skal gjerast etter ein strategi der også miljøkriterium må inn. Miljøkriterium for skogbruket ligg mellom anna i skogbrukslova med forskrifter, i miljøstandarden til skogbruket, i naturmangfaldloven og i forskrift om utanlandske treslag.
Sterkare satsing på å byggje opp skog, meir bruk av tre i byggsektoren og til energi krev god kunnskap om viktige miljøverdiar i skogen. Det er heilt sentralt å vidareføre satsinga på ei kunnskapsbasert forvaltning og følgje med på korleis ulike miljøverdiar utviklar seg. Gamle tre og daud ved er rekna som viktige element for biologisk mangfald. Som følgje av at skogbruket i lang tid har avverka mindre enn tilveksten og slik sett overhalde skogen, viser tal frå Landsskogtakseringa at både mengda store og daude tre og mengda daud ved har auka kraftig i løpet av dei snart hundre åra Landsskogtakseringa har overvaka utviklinga av skog i Noreg. Dette tyder på at det er grunnlag for ei positiv utvikling for mange raudlistearter i skog.
Departementet vil vidareføre satsinga på MiS-prosjekta om biologisk mangfald og om kulturminne, og slike miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga, slik at skogbruk og utmarksnæring har best mogleg kunnskap om miljøverdiane i skogen og kan ta omsyn til desse. Hovudinnsatsen til MiS-prosjekta vil i 2014 vere knytt til å publisere, formidle og marknadsføre relevant kunnskap. Konkrete råd om særskilte omsyn ved skogtiltak vil såleis kunne vidareutviklast. Til no er ikkje dei lågare bonitetane prioriterte, men i det vidare arbeidet med miljøregistreringar vil også slike areal takast med. Dette vil gjere det mogleg å erstatte livsmiljø i område der skogbruksinteressene er store med mindre tilgjengelege livsmiljø med tilsvarande verdiar på lågare bonitetar. Prosjekta må også yte fagleg støtte til departementet i konkrete tilfelle, som til dømes i nordiske samarbeidssaker, og leggje til rette oppdatert og tilgjengeleg kunnskap som kjem fram gjennom det arbeidet som blir gjort i MiS.
Departementet legg stor vekt på å betre kunnskapen om truga og sårbare arter slik at ein kan ta målretta omsyn. Departementet vil arbeide med slike spørsmål både gjennom det nasjonale programmet for naturmangfald og i direkte kontakt med faginstitusjonar som Norsk institutt for skog og landskap og Artsdatabanken. Departementet vil framleis delta i oppfølging av Nasjonalt program for naturmangfald med underprogramma Norsk naturkartlegging og Norsk naturovervåking.
Departementet gjer framlegg om å auke løyvingane til informasjonstiltak knytt til mellom anna jordbruk, kulturlandskap og til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket med til saman 0,6 mill. kroner. Det vil vere aktuelt å nytte midlar til informasjon og mindre prosjekt om jordvern, jordbruket sitt kulturlandskap og berekraftig forvaltning av biologisk mangfald, kunnskapsformidling for eit berekraftig skogbruk og andre tiltak og prosjekt i tråd med miljøstrategien til departementet.
Departementet vil støtte informasjonsarbeid og utgreiingar i regi av Bioforsk som kan bidra til å nå måla om redusert bruk av og redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel. Det er også sett av midlar til Statistisk sentralbyrå (SSB) sin årlege rapport Jordbruk og miljø som rapporterer på miljøtilstand og på effektar av miljøtiltak i jordbruket. Rapporten gjev også grunnlag for nasjonal og internasjonal rapportering. Arbeidet som er sett i gang for å betre kunnskapsgrunnlaget om avrenning av næringsstoff og effektar av tiltak i jordbruket vil bli ført vidare. Departementet vil også gje støtte til utarbeiding av ein årleg rapport om berekraftig skogbruk i regi av Skog og landskap.
Departementet vil kunngjere at det er mogleg å søkje om midlar frå denne posten til miljøinformasjonstiltak som skal bidra til å betre og formidle miljø- og ressurskunnskap knytt til jordbruk, kulturlandskap og skogbruk, med sikte på å vidareføre ei berekraftig forvaltning av ressursane på landbruksareala. Slike tiltak vil omfatte tilskott til produksjon av informasjonsmateriell og tiltak for kunnskapsoppbygging som seminar og samlingar, retta mot både offentleg og privat verksemd.
Post 71 Tilskott til genressursforvaltning
Formål med løyvinga
Over post 71 blir det gjeve støtte til tiltak innanfor resultatområdet Sikre naturmangfald som ligg under det overordna målet berekraftig landbruk. Tiltaka vil også kunne lenkast til resultatområdet Noreg som aktiv internasjonal aktør innanfor det overordna målet matsikkerheit. For å sikre biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar og å møte klimautfordringar, er det grunnleggjande å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse. Løyvingar over posten omfattar tiltak til styrking av arbeid nasjonalt og internasjonalt med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket.
Rapportering 2012
Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagt til Norsk genressurssenter, som er ei eining ved Norsk institutt for skog og landskap. Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1141, post 52.
Over post 71 blir det løyvd tilskott til tiltak og aktivitetar i genressursforvaltninga etter råd frå genressursutvala for planter, skogstre og husdyr og på grunnlag av handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i dei tre sektorane. Gjennom desse prosjekta fører Genressurssenteret vidare eit aktivt samarbeid med aktørane i genressursarbeidet. Resultat frå prosjekta blir publiserte på heimesidene og ofte vidare i ymse media. Dette gjev verdifull informasjon til næringsaktørar og forvaltning, i tillegg til generell informasjon om genetiske ressursar til allmenta.
Innanfor husdyrsektoren er det gjeve tilskott til ymse tiltak for verneverdige rasar, mellom anna sædbank for småfe, og implementering av låst rasekode i sauekontrollen. Genbanken for fjørfe fekk tilskott til drift og det er sett i gang eit tre-årig prosjekt for å dokumentere verdien av verpehønsmaterialet.
Innanfor plantesektoren har vern og bruk av genetisk mangfald hos viktige fôr- og matplanter hatt høg prioritet. Langsiktig utvikling av lokaltilpassa landsortar av timotei, engsvingel og raudkløver skjer no femten ulike stadar i landet, i hovudsak ved naturbruksskular. Nyttige eigenskapar hos bevarte planter er også undersøkt. Som del av eit større europeisk arbeid er det laga ein strategi for in situ bevaring av slektningar av kulturplantene i vill norsk flora, der ein i samarbeid med miljøstyresmaktene tek sikte på å ta vare på eit utval populasjonar av dei viktigaste artene av viltveksande nytteplanter i verna område.
For skogstre er det mellom anna gjeve tilskott til kartlegging og vern av villeple og verdifull svartor, utvikling av norske sortar av skogstre til grøntanlegg og hagebruk og mogleg lagring av skogfrø på Svalbard.
Det nordiske genressursarbeidet er samla i NordGen, som har sete med administrasjon og plantegenetisk verksemd i Alnarp, Sverige, mens faglege oppgåver knytte til husdyr og skogstre er samlokalisert med Norsk genressurssenter på Ås. NordGen fekk 1,6 mill. kroner i støtte til denne delen av verksemda. Det blei også løyvd midlar til det nordiske prosjektet Verdisetting av Nordens grønne kulturarv i oppfølging av programmet til det norske formannskapet i Nordisk ministerråd i 2012.
Det blei utbetalt 674 900 kroner til den internasjonale plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling (Benefit Sharing Fund). Dette svarar til 0,1 pst. av verdien av omsett såvare i Noreg i 2011.
Svalbard globale frøhvelv er eit sikringstiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, særskilt vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet, husar sikkerheitskopiar av frø frå heile verda. 27 institusjonar la til saman inn 58 028 nye frøprøvar i 2012. Ved utgangen av året var nær 775 000 sikkerheitsprøvar deponert frå totalt 53 genbankar. Frølageret har ei viktig rolle i det internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar. Noreg var i september 2012 vertskap for eit internasjonalt møte om Access and Benefit-sharing i Longyearbyen på Svalbard. Møtet samla om lag 100 deltakarar. FAO sin kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk hadde teke initiativ til dette regionalt samansette arbeidsgruppemøtet for å følgje opp vedtaka i Nagoyaprotokollen om tilgang og godefordeling (ABS) for genetiske ressursar på området mat og landbruk og førebu saka for neste møte i kommisjonen i 2013. Det blei løyvd midlar over posten i støtte til teknisk gjennomføring av Svalbardmøtet. Ut over dette gjekk midlane i 2012 til husleige og drift av frølageret, gjennomgang av drifta, møte i det internasjonale rådet for frøhvelvet og arbeid med ymse informasjonstiltak.
Departementet gav også, over post 71, økonomisk støtte på 4,15 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver. Oppgåvene omfattar kontrolloppgåver etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon. Løyvinga er avtalefesta med Skogfrøverket, jf. ein avtale om forvaltningsoppdrag frå 1995. Departementet gav også ei ekstraløyving til Skogfrøverket frå kap. 1149, post 71 for å styrkje arbeidet med langsiktig skogplanteforedling og til ei utgreiing av den framtidige lokalisering og modernisering av Skogfrøverket.
Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter fekk til saman 2,86 mill. kroner i støtte. Desse sentera har ansvar for allsidig verksemd for å fremje dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Talet individ innanfor desse rasane er no svært lågt. Sentera er engasjert i arbeidet med å bevare rasane og har mellom anna delteke i arbeid med å spesifisere eigenskapar der rasane har fortrinn (signalaktivitetar) framfor andre hesterasar. Desse kan utviklast vidare og nyttast i tevlingar som fremjar interesse for desse rasane, noko som i sin tur kan skape etterspørsel.
Over posten blei det også løyvd midlar til stiftinga Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og busker eigna for norske forhold og til formidlingsverksemd. Norsk Hjortesenter fekk tildelt midlar for å vedlikehalde og vidareutvikle seg som kompetansesenter for hjort både i vill tilstand og i oppdrett.
Budsjettframlegg 2014
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 22,027 mill. kroner på post 71. Det er gjort ei rammeoverføring på 0,350 mill. kroner til kap. 1141, post 52 som går til administrasjon, drift og vedlikehald av kuregister og andre nasjonale register i genressursforvaltninga ved Norsk genressurssenter. Departementet legg opp til ei fordeling av løyvinga slik Tabell 2.6 viser.
Tabell 2.6 Budsjett for kap. 1139, post 71 i 2013 og budsjettframlegg for 2014
(i 1 000 kr) | ||
---|---|---|
Tiltak | Budsjett 2013 | Framlegg 2014 |
Genressurstiltak | 7 216 | 7 273 |
Svalbard globale frøhvelv | 4 363 | 4 363 |
Nordisk genressurssenter (NordGen) | 1 600 | 1 700 |
Skogfrøforsyninga | 4 150 | 4 300 |
Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter | 2 867 | 2 867 |
Stiftelsen Det norske arboret og Norsk Hjortesenter | 1 424 | 1 524 |
Sum genressursforvaltning | 21 620 | 22 027 |
I eit internasjonalt perspektiv vil trugsmåla mot genetisk variasjon hindre utvikling av eit berekraftig landbruk. Einsrettinga av planteutvalet i moderne jordbruk trugar den genetiske variasjonen blant matplanter som er utvikla gjennom tusenårig jordbruksdrift. Internasjonal dominans av nokre få husdyrrasar trugar likeeins dei husdyrgenetiske ressursane. Ein ser at enkelte husdyrrasar har problem med helse og fertilitet grunna einsidig avl på få produksjonseigenskapar. Avskoging, marginalisering av populasjonar, sjukdomsutbrot og i aukande grad klimaendringar trugar dei skogstregenetiske ressursane. Endra klima er ei utfordring for alle tre sektorane og vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale. Internasjonale konvensjonar og avtalar stadfestar at Noreg har eit ansvar for å forvalte dei genetiske ressursane sine på ein berekraftig måte.
Over denne posten blir det løyvd midlar til ei rekkje tiltak og prosjekt som er viktige for å følgje opp handlingsplanane for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i kulturplanter, husdyr og skogstre for perioden 2011–2014. Midlane går til prosjekt ved Norsk genressurssenter og mange samarbeidspartnarar rundt om i landet. Dette er med på å oppretthalde eit nettverk av institusjonar, organisasjonar og privatpersonar som alle bidreg med aktivitet for bevaring og bruk av det genetiske mangfaldet i landbruket. Sikker drift og utviding av genbankar og kartlegging av nasjonale genressursar innanfor planter, husdyr og skogstre er sentrale oppgåver. Vidare er god kontakt med eit aktivt og stort nettverk av aktørar, som på ulike vis bidreg til berekraftig vern og bruk av genetiske ressursar i landbruket ei prioritert oppgåve. Genressursenteret skal bidra til berekraftige avlsprogram for små populasjonar av nasjonale husdyrrasar og rett skjøtsel av klonarkiv og av det genetiske og biologiske mangfaldet i kulturlandskapet. Det skal også leggjast vekt på meir generelle tiltak. Slike tiltak er mellom anna klargjering av rett til, tilgang til og handsaming av genetiske ressursar i tråd med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar, og utgreiing av følgjene av nye utfordringar som t.d. klimaendringar. Løyvingane til genressurstiltak omfattar også støtte til Genbanken for fjørfe og lag for verneverdige rasar.
Det er viktig å ta del i nordisk og internasjonalt samarbeid om genetiske ressursar for å sikre ein mest mogleg effektiv bruk av desse ressursane. Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i Nordisk genressurssenter (NordGen). Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogstre lokalisert i Noreg. Departementet gjer framlegg om å auke støtta til denne verksemda i NordGen til 1,7 mill. kroner. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering. Det europeiske regionale knutepunktet for husdyrgenetiske ressursar er eit viktig organ for samarbeid om oppfølginga av den globale handlingsplanen. Midlar frå posten vil gå til drift av sekretariatet for dette dersom Noreg blir vald som vertskap for European Regional Focal Point for national coordinators for farm animal genetic resources (ERFP) 2014–2017. Det er også sett av midlar til plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling til oppfølging av lovnaden Noreg gav ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gje ei årleg støtte som svarar til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare til dette fondet. Midlane går til bønder i utviklingsland og den berekraftige bruken deira av plantemangfald for å sikre lokal mattryggleik.
Over posten vil det bli gjeve tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv, til tekniske utbetringar som følgje av gjennomgangen av drifta og til informasjonsverksemd. Oppslutninga om frølageret på Svalbard blant verda sine genbankar er god, og det er innleidd langsiktig samarbeid med mange av desse. Den store interessa for det globale frølageret i internasjonale media og hos allmenta held fram. Dette viser at Svalbard globale frøhvelv er eigna til å gje auka forståing og medvit om plantemangfald og matvaresikring, og det er ei viktig oppgåve å følgje opp denne rolla.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,3 mill. kroner for å sikre dei langsiktige oppgåvene innanfor frøforsyninga i skogbruket og utvikling av Det norske Skogfrøverk. Dette er ein auke på 0,15 mill. kroner. Løyvinga må sjåast i samanheng med tilskott til skog-, klima- og energitiltak i kap. 1149, post 73.
Departementet vil også auke støtta til stiftinga Det norske arboretet, der departementet er ein av stiftarane, til 0,4 mill. kroner. Stiftinga arbeider for å vidareføre og vidareutvikle ein brei representasjon av tre og busker eigna for norske forhold. Det skal også bidra til at dette plantematerialet blir gjort tilgjengeleg for forsking, hagebruk, skogbruk, kommunal forvaltning, undervising og allmenta. Arboretet samarbeider med Norsk genressursersenter og tek aktivt del i informasjonsarbeidet om bevaring og bruk av genetiske ressursar.
Departementet foreslår vidare å støtte Norsk Hjortesenter med om lag 1,1 mill. kroner. Hjortesenteret arbeider med kunnskapsspreiing om hjort generelt, og for at hjort kan gje grunnlag for næringsutvikling og verdiskaping i landbruket spesielt. Tilskott til Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter til oppgåver dei utfører mellom anna i samarbeid med raselaga, for å fremje og bevare dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest, er foreslått ført vidare.
Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
50 | Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse | 23 142 | 23 906 | 24 743 |
52 | Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap | 94 970 | 98 104 | 101 888 |
Sum kap. 1141 | 118 112 | 122 010 | 126 631 |
Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse
Formål med løyvinga
Midlane på posten skal nyttast til å få fram kunnskap om føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analyse av verdikjeda for matvarer. Dette er viktig i arbeidet for å nå landbrukspolitiske mål om nok og trygg mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Sjå elles omtalen av måla til departementet i innleiinga i proposisjonen.
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
Posten omfattar løyvingar til Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) si kunnskapsutvikling m.m. for statsforvaltninga.
NILF er eit institutt som driv med forsking, utgreiing og analyse/dokumentasjon innanfor føretaks- og næringsøkonomi i landbruket og landbruksbasert industri. Instituttet har ein tverrfagleg profil. Instituttet tek oppdrag på kjerneområdet sitt, men også innanfor fiskeri- og havbrukssektoren, med vekt på handelspolitikk. Vidare har instituttet ein rådgjevande funksjon overfor departementet og anna forvaltning på fagområda sine.
NILF er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. Instituttet får løyving direkte frå departementet over kap. 1141, post 50 for å fylle målsetjingane om næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse. Instituttet mottek også basisløyving frå Noregs forskingsråd over kap. 1137. NILF har hovudkontor i Oslo og distriktskontor i Bergen, Trondheim og Bodø.
Ein viktig del av NILF si verksemd er å levere eit godt grunnlag for økonomiske og politiske avgjerder med stor betyding for produksjon og omsetnad av landbruksprodukt, næringsmiddelindustri og matvaremarknader, bygdenæringar og landbruket si rolle i bygdesamfunnet. Instituttet utarbeider materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket, og er sekretariat for nemnda etter avtale med Landbruks- og matdepartementet.
Oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet er ein vesentleg del av verksemda til NILF. Dette arbeidet kan delast inn i tre hovudområde:
Næringsøkonomisk dokumentasjon, under dette sekretariatsarbeid for Budsjettnemnda for jordbruket
Driftsøkonomisk rettleiing og styring, under dette kursverksemd
Drifts- og føretaksøkonomisk dokumentasjon, under dette rekneskapsundersøkingar i jord- og skogbruk
NILF har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgjevar.
NILF skal styrkje samfunnsperspektivet ved å sjå landbruks- og matsektoren i samanheng med fellesgode og heile verdikjeda for landbruksprodukt. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane av dette for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, er også aktuelle tema. NILF skal bidra til auka kunnskap om skattlegging av landbruksverksemd og om entreprenørskap og næringsutvikling med basis i landbruksnæringa. Departementet legg vidare vekt på auka bruk av data frå driftsgranskingane til forsking og utgreiing, og på at det framleis er ei vesentleg brukarfinansiering av mellom anna kursverksemd innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.
Rapportering 2012
NILF har i 2012 utarbeidd driftsgranskingar for 2011 med rekneskapsstatistikk frå 857 gardsbruk over heile landet. Denne rekneskapsstatistikken er mellom anna basis for referansebruksutrekningar som blir nytta i samband med jordbruksforhandlingane. Driftsgranskingane viser saman med spesialundersøkingar, både gjennomsnittstal for og variasjonar i lønnsemd mellom bruksstorleikar, produksjonsformer og regionar. Frå 2005 er det lagt vekt på ein grundigare analyse av skattepolitikk, samdrifter i mjølkeproduksjon, tilleggsnæring og anna næring på driftsgranskingsbruka. Granskingane omfattar 37 samdrifter i mjølkeproduksjon. For 2011 er resultata frå 30 økologiske mjølkebruk analyserte særskilt.
Som sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket, har NILF i 2012 utarbeidd grunnlagsmateriale for jordbruksforhandlingane, nasjonalbudsjett og nasjonalrekneskap, matvareforbruksutrekningar og rapportering til internasjonale organisasjonar.
I 2012 har NILF på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet også hatt oppgåver knytte til mellom anna førebuing og deltaking på OECD-møte, oppfølging av internasjonale råvareprisar, dokumentasjon av prisutviklinga i ulike ledd i matvarekjeda og utgreiing om prisdiskriminering på daglegvareleddet.
Budsjettframlegg 2014
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 24,743 mill. kroner. NILF skal i 2014 føre vidare dei faste oppgåvene dei har for forvaltninga. I tillegg til dei faste oppgåvene, vil departementet framleis ha behov for utgreiing av særskilde problemstillingar i landbruks- og matpolitikken.
Post 52 Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap
Formål med løyvinga
Midlane på posten skal nyttast til å få fram kunnskap om ressursar og miljøverdiar. Slik kunnskap er ein føresetnad for å sikre berekraftig verdiskaping og næringsutvikling basert på arealressursane, og for ei god genressursforvaltning. Dette er viktig i arbeidet for å nå landbrukspolitiske mål om nok og trygg mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk, jamfør omtalen av måla til departementet i innleiinga i proposisjonen.
Norsk institutt for skog og landskap
Midlane på posten blir i hovudsak tildelte Norsk institutt for skog og landskap, som er eit nasjonalt institutt for kunnskap om arealressursar.
Instituttet er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Formålet og rolla til instituttet er å forske og skaffe fram kunnskap knytt til skog, jord, utmark og landskap. Norsk genressurssenter er ei avdeling ved instituttet.
Instituttet får også basisløyving til forsking over kap. 1137 og midlar til kunnskapsutvikling og -formidling, under dette midlar til Genressurssenteret, direkte frå Landbruks- og matdepartementet.
Forskinga ved instituttet skal dekkje behov for kunnskap knytt til heile den skogbaserte verdikjeda, og til arealbruk og landskap. Departementet legg særskilt vekt på ei berekraftig utnytting av ressursane i skog og utmark, noko som mellom anna krev både økonomiske vurderingar og analysar av dei komplekse, dynamiske og sårbare økosystema. Instituttet arbeider med oppbygging av landskapsforsking som eit eige fagområde. Forskinga skal vere på høgt internasjonalt nivå.
Instituttet er ansvarleg for nasjonale ressursundersøkingar innanfor fagområda jord, skog, utmark, landskap, arealdekke og -tilstand. Instituttet skal byggje opp og vedlikehalde den nødvendige kompetansen som eit nasjonalt faginstitutt. Instituttet skal også formidle kunnskap for berekraftig forvaltning og verdiskaping til styresmaktene, næringslivet og allmenta. Instituttet skal utvikle samarbeidet med Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og miljøforskingsinstitutta. Norsk institutt for skog og landskap har saman med Bioforsk og UMB etablert eit samarbeid om bioenergi i Norsk senter for bioenergiforsking. I denne alliansen skal instituttet vere med å byggje opp kunnskap som grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val for næringsutøvarar som vil satse på bioenergi.
Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i faglege spørsmål. Instituttet må ha ein aktiv og målmedviten kontakt med styresmakter, næringsliv og organisasjonar med sikte på oppdrag både nasjonalt og internasjonalt.
Rapportering 2012
Midlane på posten blei i 2012 tildelte Norsk institutt for skog og landskap. Rapporteringa under følgjer inndelinga i verksemdsområda ved instituttet.
Ressursundersøkingar og overvaking
Norsk institutt for skog og landskap har i 2012 ført vidare dei nasjonale ressursundersøkingane. Desse undersøkingane gjev viktige data om tilstand og utvikling av arealressursane, og dei er såleis eit viktig grunnlag for politikkutforminga både i landbruket og innanfor andre sektorar. Dei nasjonale oppgåvene er knytte til kartlegging og overvaking av arealressursar, som også omfattar jordsmonn, utmarksbeite, kulturlandskap og skog.
Instituttet tek gjennom klimasenterfunksjonen del i rapporteringa frå Noreg til Klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen. Gjennom metode- og modellutvikling har instituttet auka kunnskapen om historisk og framtidig opptak av karbon i skogen i Noreg. Denne kunnskapen dannar mellom anna grunnlag for Noreg sitt arbeid i dei internasjonale klimaforhandlingane.
Arealressurskarta ligg mellom anna til grunn for produksjon av tenesta Gardskart på internett, sjå omtale under avsnittet om geodatatenester. Dette detaljerte kartverket gjev næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet. Arealressurskarta blir nytta ved søknad om og kontroll av arealtilskott. Karta blir også brukte til mange oppgåver innanfor forvaltning og planlegging. Kartbasen over markslag og arealforhold er ajourført for alt jordbruksareal. Vidare vedlikehald av arealressurskartet skjer både i kommunane og ved instituttet.
Jordsmonndata blir mellom anna nytta til å redusere erosjon, styrkje jordvernet, fremje nisjeprodukt og arbeide med klimatiltak. Om lag halvparten av jordbruksarealet er no kartlagt. Kartlegginga er i 2012 ført vidare med 48,6 km2. Det er utvikla eit kart over jordkvalitet som blir ein del av det offentlege kartgrunnlaget. Kart og informasjon er gjort enkelt og fritt tilgjengeleg på internett. Dette aukar nytten av karta i planarbeid og jordvernsaker.
Instituttet kartlegg ressursgrunnlaget for beite i utmark og gjev råd om beitebruk. Utmarksbeite er ein viktig del av fôrgrunnlaget i landbruket og ein viktig reiskap for skjøtsel av landskapet. I 2012 blei 435 km2 kartlagt. Denne informasjonen synleggjer beiteinteressene i utmarka og gjev auka avkastning for beitebrukarane gjennom tilrettelegging for betre beitebruk. Informasjonen blir nytta for å finne løysingar i konfliktar om arealbruk i utmark, til dømes mellom beitebruk og rovdyr og hyttebygging. Kartleggingsprosjekta blir prioriterte etter tilgangen på medfinansiering frå beitebrukarane.
Gjennom Landsskogtakseringa skaffar instituttet fram informasjon om tilstanden til og utviklinga av skogressursane i Noreg. Dei lange tidsseriane med informasjon frå Landsskogtakseringa står sentralt i arbeidet med politikkutvikling og berekraftig forvaltning av skogressursane, og er samstundes sentrale for skogforsking knytt til skogen si utvikling, biologisk mangfald og klimaeffekter på skog. Landsskogtakseringa gjev, saman med annan arealressursinformasjon frå instituttet, eit viktig grunnlag for rapporteringa om karbon i skog og anna som Noreg gjer under Klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen. Næringsorganisasjonane, regionane og større føretak har behov for informasjon om skogressursane, særleg knytt til satsinga på auka karbonbinding, bioenergi, auka bruk av tre og miljøomsyna i skogbruket. I 2012 har Landsskogtakseringa utvikla metodar som gjer det mogleg å leggje til rette for meir lokal informasjon slik som til dømes ressursoversikter for kommunar.
Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) blei ført vidare i 2012. OPS er ein del av den generelle skogovervakinga i Noreg. Metodar og resultat frå OPS blir koordinerte på europeisk nivå under FN-konvensjonen om langtransporterte grenseoverskridande luftforureiningar (LRTAP), og nytta i rapportering til FN. Instituttet arbeider også med overvaking for å førebyggje skogskadar knytte til klimaendringar, sopp- og insektangrep og anna, og har også sett på faren for at det blir ført nye artar inn til landet.
Landbruket forvaltar mykje av den nasjonale kulturminneskatten. For å dokumentere og styrkje grunnlaget for kulturminnearbeidet i landbruket, rapporterer instituttet status for kulturminne i jordbrukslandskapet. Granskinga av status i seterlandskapet blei ført vidare i 2012, og etter fire år er to tredelar av dette arbeidet no ferdig. Status og utvikling i jordbruket sitt kulturlandskap blir også dokumentert gjennom det nasjonale programmet for overvaking og resultatkontroll. I 2012 blei den regionvise rapporteringa for heile landet sluttført. Data frå overvakinga blir nytta til dokumentasjon av utviklinga i landskapa, og i utforminga av verkemiddel i dei regionale miljøprogramma.
Det er eit prioritert politisk mål å fremje næringsutvikling ved aktivt landbruk over heile landet. I dette arbeidet treng brukarane og forvaltninga på regionalt og lokalt nivå kunnskap om ressursane dei kan nytte og om dei miljømessige tolegrensene for auka næringsverksemd i dei ulike områda. Arealrekneskap for utmark gjev slik informasjon. I 2012 blei 94 nye område undersøkte. Til saman er nær 90 pst. av landet no dekt i denne undersøkinga. Arealrekneskapen er eit nasjonalt, statistisk representativt oversyn over norsk natur og utmarksressursar og har eit stort potensial som informasjonsgrunnlag for arealpolitikken innanfor fleire samfunnssektorar enn landbruket.
Norsk institutt for skog og landskap har vore med i fleire internasjonale samarbeidsorgan som faginstans på vegne av Noreg. Instituttet tek også del i internasjonale prosessar og samarbeider med liknande organisasjonar i andre europeiske land om harmonisering av metodar og utvikling av meir effektive rutinar for kartlegging og overvaking. Instituttet samarbeider med Statistisk sentralbyrå (SSB) om å utarbeide representativ nasjonal arealstatistikk. SSB publiserte i 2012 ein nasjonal arealstatistikk, og instituttet leverte datagrunnlag til denne statistikken. Instituttet har rolla som National Reference Centre for arealovervaking innanfor EEA-nettverket Eionet og ansvar for det norske bidraget til det europeiske arealdekkekartet (Corine Land Cover).
Noreg har slutta seg til EU sitt Inspire-direktiv (Directive 2007/2/EC) om etablering av ein infrastruktur for geografisk informasjon. Instituttet leia arbeidet med å utvikle spesifikasjonane for to temaområde i direktivet: Jordsmonn og Arealdekke. Dette arbeidet blei avslutta i 2012.
Geodatatenestene
Data frå kartleggingsprogramma og ressursundersøkingane blir gjort tilgjengelege for forvaltninga og dei næringsdrivande. Dette aukar samfunnsnytten av instituttet si verksemd. Systematisk og langsiktig arbeid med lagring og dokumentasjon av geodata i databasar er ein føresetnad for desse tenestene og for deling av data med dei andre partane i Noreg Digitalt-samarbeidet.
Den internettbaserte tenesta Gardskart på internett gjev alle eigarar av landbrukseigedom tilgang til kart og arealstatistikk for eigen eigedom. Dette er eit viktig bidrag til realisering av mål for mellom anna Noreg digitalt-samarbeidet. Statistikk for bruken av gardskart på internett viser framleis ein kraftig auke. I den internettbaserte karttenesten Kilden, får landbruket, forvaltninga og allmenta innsyn i ei rekkje elektroniske kart. Dette er instituttet sine eigne kartdata, flybilete og data frå andre offentlege leverandørar av kartdata.
Det nasjonale programmet for flyfotografering av heile landet er ført vidare med fotografering av 40 300 km2 i 2012. Bilete og andre data frå fotograferinga blir forvalta og distribuerte i samarbeid med partane i Noreg digitalt. Det er etablert ei samordna nasjonal løysing for forvaltning og distribusjon av både flybilete og ortofoto. Denne løysinga er teken i bruk av eit stort tal brukarar, og samordna finansiering og gjennomføring av flyfotograferinga gjev betre ressursutnytting og betre tilgang på flybilete.
I samarbeidet mellom offentleg og privat sektor om etablering av geodata, Geovekst, er instituttet ansvarleg for landbruksparten, og går inn med arealressurskartet AR5 i samarbeidet. Instituttet har arbeidd for å samordne landbruket og sikre at landbruket både dekkjer pliktene sine og får tilgang til kartdata i Geovekstprosjekt i kommunane.
Forsking
Rapport og budsjettframlegg for forskinga ved Norsk institutt for skog og landskap er omtalt under kap. 1137, post 51.
Rådgjeving, kunnskapsformidling og forvaltning
Instituttet har ytt kompetansetenester innanfor skogbruksplanlegging. Informasjon om status og omfang av skogbruksplanlegginga med miljøregistreringar blir kontinuerleg lagt ut i geografiske innsynsløysingar på internett. Dette arbeidet er viktig for å sikre eit godt fundament for auka berekraftig bruk av skogressursane og auka oppbygging av skog.
Informasjonsverksemda og rådgjevinga omkring aktuelle skadar på skog av sopp og insekt har vore god, og Norsk institutt for skog og landskap har levert viktig informasjon både til allmenta og forvaltninga. Instituttet har også hatt ei omfattande informasjonsverksemd knytt til kunnskap om bruk av skogråstoff til bioenergi og bruk av tre som byggjemateriale. Instituttet har formidla resultat frå både overvaking, ressursundersøkingar og forsking.
Norsk genressurssenter
Genressurssenteret kartlegg og overvakar status for nasjonale genressursar og er eit fagleg ressurssenter for eit omfattande nettverk innanfor nasjonalt genressursarbeid. Genressurssenteret driftar slektskapsdatabasen Kuregisteret som blir brukt til kontroll av produksjonstilskott til verneverdige storferasar, til overvaking av utviklinga av rasane og som grunnlag for berekraftig avl. Senteret har også ein database over alle verneområde i skog i Noreg. Databasen blei oppdatert i 2012. I samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning er det etablert 23 genressursreservat for ulike treslag. Feltarbeidet i desse blei avslutta i 2012. Senteret koordinerer vidare nasjonale genressursaktivitetar innanfor husdyr, kulturplanter og skogstrebevaring og deltek aktivt i det nordiske og internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar. Genressursenteret er nasjonalt kontaktpunkt for oppfølging av internasjonale prosessar innanfor dei ulike fagområda og har møtt i ulike samarbeidsfora på nordisk, europeisk og globalt nivå. Genressurssenteret har også gjeve fagleg støtte til Landbruks- og matdepartementet ved førebuingar til møte i dei internasjonale arbeidsgruppene til FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) sin kommisjon for genetiske ressursar i landbruket.
Genressurssenteret har i 2012 halde fram med å publisere informasjon frå genressursarbeidet på nettsida som nyhendeinnslag og fagartiklar, og i faglege føredrag. Senteret har også vore aktivt på mange arenaer med informasjonsmateriale om genetiske ressursar, og har sett i verk arrangement og møte, mellom anna det nordiske seminaret Genetic resources – a treasure trove for the future? som var ein del av markeringa av Noreg sitt formannskap i Nordisk ministerråd i 2012.
Budsjettframlegg 2014
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 101,888 mill. kroner for 2014. Midlane vil bli nytta til kunnskapsutvikling og anna knytt til arealressursar, skog, jord, utmark, landskap og støtte for gjennomføring av landbruks- og matpolitikken. Løyvinga vil i all hovudsak bli nytta til aktivitet ved Norsk institutt for skog og landskap. Framlegget inkluderer ei rammeoverføring på 0,350 mill. kroner frå kap. 1139, post 71 til kap. 1141, post 52. Desse midlane skal gå til administrasjon, drift og vedlikehald av Norsk genressurssenter sitt kuregister og andre nasjonale register som er nødvendige verktøy for genressursforvaltninga.
Norsk institutt for skog og landskap
Norsk institutt for skog og landskap vil i 2014 ha ei rekkje oppgåver innanfor forsking, jf. også omtale i kap. 1137, og kunnskapsutvikling knytt til skog, landskap og arealressursar.
Aktiviteten ved instituttet vil i hovudsak vere knytt til fem hovudverksemdsområde; ressursundersøkingar og overvaking, forsking, geodatatenester, forvaltning og rådgjeving og Norsk genressurssenter.
Ressursundersøking og overvaking er langsiktige program som skaffar informasjon om tilstand og utvikling av ressursar landbruket nyttar og forvaltar. Dette er nødvendig kunnskap for å nå måla i Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken og Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk. Sentrale oppgåver er vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet (AR5), Landsskogtakseringa og Arealrekneskapen for utmark. Vidare omfattar programma mellom anna systematisk overvaking av kulturlandskapet, kulturminner og jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar (OPS) og vegetasjonskartlegging for å betre utnyttinga av beiteressursane. Det siste er viktig for å auke matproduksjonen i utmarka, slik regjeringa legg opp til i Meld. St. 9 (2011–2012).
Departementet meiner det er viktig å sikre kontinuitet i eksisterande statistiske undersøkingar og å sikre vedlikehald av kartgrunnlaget for arealtilstand. Undersøkingane gjev viktig informasjon om korleis landbrukspolitikken verkar og grunnlag for målretta og langsiktig forvaltning og verdiskaping basert på arealressursane. Instituttet skal framleis leggje vekt på at dei data som blir samla inn gjennom ulike kartleggingar og overvaking blir tekne i bruk og kjem til nytte for samfunnet og brukarane i arbeidet for berekraftig verdiskaping og forvaltning av areal og andre ressursar. Instituttet skal samarbeide med Statens reindriftsforvaltning om å leggje til rette instituttet sine arealressursdata for bruk innanfor reindrifta.
Næringsutvikling, matproduksjon, klimapolitikk, gjengroing, bioenergi og effektiv tilskottsforvaltning er døme på viktige område der eksisterande arealressursundersøkingar gjev informasjon som er tilpassa kunnskapsbehova.
Instituttet arbeider kontinuerleg for å sikre god samanheng og struktur i det samla kartleggings- og overvakingsarbeidet, og tek i bruk nye metodar og teknologi der det gjev effektive løysingar som dekkjer måla i kartleggings- og overvakingsarbeidet.
Klimautfordringa er eit område med stort behov for kunnskapsutvikling. Regjeringa har i Meld. St. 21 (2011–2012) lagt stor vekt på skogen si rolle i klimasamanheng. Dette aukar behovet for kunnskap og tenester frå instituttet. Norsk institutt for skog og landskap bidreg til å skaffe fram viktig informasjon om korleis klimaendringane verkar på naturen og landbruket. Instituttet utgjer saman med SSB og Miljødirektoratet, det nasjonale systemet for Noreg si internasjonale klimarapportering. Instituttet skal fortsetje arbeidet med å få fram betre data om karbonbinding i skog og jord. Dette vil styrkje grunnlaget for den internasjonale klimarapporteringa.
Siktemålet er at instituttet vidareutviklar metodar og opplegg for bidrag til klimagassrekneskapen, slik at rekneskapen for landbruket blir fundert på best moglege data og at instituttet vidareutviklar klimasenterfunksjonen og rolla det har innanfor internasjonal rapportering. Kunnskap om status for og utvikling av arealbruk og biomasse fører med seg internasjonal merksemd som følgje av klimautfordringa. Instituttet utviklar kunnskap om korleis skogen påverkar klimaet og korleis klimaet påverkar skogøkosystemet, og bidreg slik til at det blir utvikla klimavennlege og klimatilpassa forvaltningsstrategiar for norsk skog. Departementet legg til grunn at instituttet gjennom dette har kompetanse som bør nyttast aktivt ved utforminga av nasjonale strategiar til ein ny global klimaavtale som skal gjelde frå 2020.
Forskinga ved instituttet er i første rekkje ei vidareføring av skog- og miljøforskinga frå tidlegare Skogforsk, og instituttet har eit hovudansvar for skogforsking og landbruksgeografisk forsking i Noreg. Instituttet sin kompetanse på desse fagområda er komplementær til kompetansen i andre forskingsinstitutt og difor også eit godt grunnlag for vitskapeleg samarbeid mellom institutta. I tillegg til løyvinga over denne posten, får instituttet også midlar til forsking frå Noregs forskingsråd, jf. omtale i kat. 15.20 og kap. 1137. Instituttet arbeider med oppbygging av landskapsforsking som eit eige fagområde.
Instituttet skal, med basis i dei midlane som er foreslått løyvd over denne posten for 2014, kunne utføre avgrensa forskings- og utgreiingsoppdrag for departementet på tema som ressursgrunnlag og produksjon, infrastruktur og hogst av skog, skogskadar, berekraftig verdiskaping og skog- og miljøspørsmål.
Instituttet skal forske, skaffe fram informasjon om og utvikle metodane for registrering av arealressursar, biologisk mangfald og kulturminne. Instituttet skal ha enkelte oppgåver knytt til internasjonale prosessar og møte, både på skogområdet og i andre samanhengar. Instituttet skal føre vidare langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag. Desse feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga, som grunnlag for vidare utvikling av eit berekraftig skogbruk og som grunnlag for kunnskap om skogen si rolle i klimapolitikken.
Noreg har slutta seg til den innleiande driftsfasen av EU sitt program for jordobservasjon. Programmet, som tidlegare gjekk under namnet Global Monitoring of Environment and Security (GMES), har no bytta namn til Copernicus – the European Earth Observation Programme. Ved hjelp av satellittar tilbyr programmet data for å overvake hav, miljø, klima, skog, skred og ras. Satellittbaserte tenester for navigasjon og posisjonering blir nytta til mange formål innanfor næringane i landbruket. Kartverket og Norsk institutt for skog og landskap er med i utviklinga av landtenesta i GMES/Copernicus. Global Navigation Satellite Systems (GNSS) blir brukt som eit felles namn på globalt dekkjande system for satellittnavigasjon. Om nokre år vil det truleg vere heile fire system for dette i verda, med USA, Russland, Kina og EU som eigarar. Gjennom å vere med i ESA, er Noreg med på utviklinga av Galileo; neste generasjon system for satellittnavigasjon. Galileo har blitt eit EU-program som ESA skal gjennomføre. Noreg deltek i Galileoprogrammet gjennom EØS-avtalen. Instituttet skal yte kompetansestøtte på landbruksrelaterte tema innanfor satellitt- og romfartsrelaterte program for posisjonering og overvaking.
Geodatatenestene ved instituttet er særleg knytte opp mot produksjon, organisering og forvaltning av data, og inngår i den felles nasjonale infrastrukturen Noreg digitalt. For å auke samfunnsnytten av instituttet si verksemd skal data frå kartleggingsprogramma og ressursundersøkingane bli gjort tilgjengelege for forvaltninga og dei næringsdrivande i form av geodata og tenester på internett. Geodatalova set også formelle krav til instituttet om deling av data som må følgjast opp. Systematisk og langsiktig arbeid med lagring og dokumentasjon av geodata i databasar er føresetnaden for desse tenestene. Instituttet skal ta vare på landbruket sine interesser i nasjonale kart- og datasamarbeid slik som Noreg digitalt og Geovekst, og medverke til auka samhandling mellom landbruksetatane og landbruksinstitutta innanfor geodataområdet.
Geovekstmidlane skal forvaltast saman med midlar til arealressurskart, markslagskartlegging og flybilete, med sikte på at landbruket skal få rett til å nytte alle kartdata som blir etablerte innanfor Geovekst. Her må instituttet ha god kontakt med brukarane som nyttar produkta frå kart- og datasamarbeidet. Saman med vidareføring av satsinga, vedlikehald av arealressurskarta og regelmessig nasjonal omløpsfotografering, skal dette vere med på å gje ei god dekning av detaljerte kart og flybilete av jord- og skogbruksareala. Instituttet skal gje kommunane kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta, og generelt bidra til å fremje bruk av ressurskarta i planarbeid og sakshandsaming.
Instituttet skal støtte SSB sitt arbeid med nasjonal arealstatistikk og EEA sitt arbeid med Europeisk arealovervaking. Instituttet skal også bidra i internasjonale prosessar for auka samordning av og samhandling om geodata på tema instituttet har ansvar for. EU sitt Inspire-direktiv om etablering av ein infrastruktur av geografisk informasjon, kan føre med seg auka kostnader til avlevering av data på harmonisert form til Europeiske institusjonar.
Rådgjeving, kunnskapsformidling og forvaltning omfattar dei oppgåvene instituttet har i kontakt med brukarar og samfunn, og ein del oppgåver der instituttet utfører særskilde forvaltningsoppgåver for departementet.
Instituttet skal bidra til effektivisering, kvalitetsheving og auka skogeigarmedverknad i skogbruksplanlegginga. Instituttet utfører kompetansetenester knytte til skogbruksplanlegginga på oppdrag frå departementet. Ei arbeidsgruppe peika ut av departementet la våren 2013 fram ein rapport med tilrådingar om organisering og gjennomføring av skogbruksplanlegginga framover. Skogbruksplanlegginga får midlar over jordbruksavtalen, og departementet vil ta opp tilrådingane i rapporten i samband med fordelinga av LUF-midlar til skogbruk hausten 2013.
Klimaendringane gjev grunn til å halde høg beredskap for å sjå skadar på skog i ein tidleg fase og til å førebyggje mellom anna at nye og skadegjerande soppar og insekt etablerer seg i Noreg. Instituttet skal difor drive generell informasjon, rettleiing og rådgjeving om patologiske og entomologiske skadar på skog, mellom anna gjennom nordisk samarbeid og informasjon over internett. Det er viktig at instituttet arbeider for å sikre ei effektiv og heilskapleg organisering og drift av relevant skogskadeovervaking og beredskap. Internasjonalt samarbeid er viktig, som til dømes det FN-relaterte arbeidet i UN/ECE ICP Forests.
Informasjon og tilgjengeleg kunnskap om skog og skogbruk, klima, biologisk mangfald og ulike miljøverdiar er omfattande, og kjem frå mange ulike kjelder. For å gjere slike skog- og miljødata lettare å finne, har departementet teke initiativ til å samle relevant dokumentasjon i ein årleg rapport om berekraftig skogbruk – næring og miljø. Norsk institutt for skog og landskap har ansvar for å gje ut rapporten, og siktemålet er at den første rapporten skal komme i løpet av hausten 2013. Rapporten blir utforma slik at den også kan nyttast i rapporteringa til relevante internasjonale prosessar.
Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høg kompetanse og opptre ryddig i arbeidet med forvaltningsoppgåver. Det er også viktig at instituttet tek på seg forvaltnings-, rådgjevings-, konsulent- og informasjonsoppdrag i relevante marknader.
Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høge ambisjonar om å formidle konkrete resultat som når ut til dei som kan ha interesse og nytte av resultata, både frå ressursundersøkingar, overvaking og forsking. Det er særleg viktig at instituttet har gode internettsider som gjev forvaltning, næring, organisasjonar og allmenta god tilgang til dei produkta instituttet arbeider fram.
Norsk genressurssenter
Arbeidet med forvaltninga av landbruket sine genetiske ressursar er samla i Norsk genressurssenter. Over posten blir det løyvd midlar til drift av senteret og genressursutvala for husdyr, kulturplanter og skogstre, som gjev råd til senteret og departementet.
Informasjonsverksemd med presentasjon av aktuelle genressurstema gjennom heimesidene til senteret, media og anna, skal framleis ha høg prioritet ved Genressurssenteret.
Genressurssenteret skal arbeide i nær kontakt med Nordisk Genressurssenter (NordGen), jf. kap. 1139, post 71. Senteret er nasjonalt kontaktpunkt for oppfølging av internasjonale prosessar innanfor fagområda og møter i ulike samarbeidsfora på nordisk, europeisk og globalt nivå. Senteret skal bidra til nasjonal oppfølging av internasjonale avtalar og prosessar på genressursområdet, mellom anna rapportering til FAO sin kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk (CGRFA) og Den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk (ITPGRFA).
Genressurssenteret skal også følgje opp nasjonale handlingsplanar for vern og bruk av genetiske ressursar innanfor kulturplanter, skogstre og husdyr og samarbeider med mange aktørar om dette. Samarbeidet med foredlings- og avlsorganisasjonane om berekraftig avl og foredling og med miljøforvaltninga om in situ ivaretaking er viktig.
Det er eit stort potensial for meir aktiv bruk av genetiske ressursar i næringsverksemd og innsatsen på dette arbeidsområdet skal aukast.
Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 185 896 | 180 411 | 185 880 |
60 | Tilskott til veterinærdekning | 125 339 | 130 154 | 134 449 |
70 | Tilskott til beredskap i kornsektoren, kan overførast | 298 | 373 | 5 386 |
72 | Erstatningar, overslagsløyving | 270 | 302 | 302 |
73 | Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar, overslagsløyving | 39 061 | 45 610 | 45 610 |
74 | Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering, kan overførast | 3 774 | ||
75 | Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt | 204 | 1 000 | 1 000 |
Sum kap. 1143 | 354 843 | 357 850 | 372 627 |
Formål med løyvinga
Statens landbruksforvaltning (SLF) er eit forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og juridiske verkemiddel, kontroll, rådgjeving og dokumentasjon står sentralt. SLF skal bidra til eit heilskapleg vurderingsgrunnlag for landbruks- og matpolitikken.
SLF skal ha oversikt over utviklingstrekk i heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåinga for gjeldande politiske mål og gje innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel. SLF skal gje råd på eige initiativ, og rådgivinga skal ha høgt fagleg nivå. Formidling av landbruks- og matpolitikken og formidling av fag- og forvaltningskompetanse til regional og lokal forvaltning skal inngå i dette.
SLF sin verksemdsidé er å gje faglege råd, setje i verk landbrukspolitikken og leggje forholda til rette for landbruket og matindustrien. Ny strategi for SLF blei vedteken i april 2013, med følgjande hovudmål:
SLF skal forvalte verkemidla brukarretta og effektivt
SLF skal gje råd om forbetring av forvaltning og verkemiddel
Hovudmål for resultatområda
Ressurs, skogbruk og areal
På resultatområdet areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk skal SLF bidra til å sikre ressursgrunnlaget for berekraftig landbruk over heile landet. Arbeidsområda omfattar utvikling og forvaltning av verkemiddel og tiltak innan arealbruk, eigedom, miljø, klima, skogbruk, kulturlandskap og økologisk landbruk. Forvaltning av erstatningsordningane i landbruket, sekretariatsoppgåvene for naturskadeordninga og det koordinerande ansvaret i SLF overfor fylkesmannsembeta ligg også under dette området.
Landbruksproduksjon
På resultatområdet inntekts- og velferdspolitiske tiltak i landbruket skal SLF bidra til å sikre matproduksjon og stabil matforsyning. Arbeidsoppgåvene er utvikling og forvaltning av inntekts- og velferdsordningar og dei produksjonsregulerande verkemidla melkekvoter og husdyrkonsesjon. Felles for ordningane er at dei har primærprodusentane som målgruppe. Sekretariatsoppgåvene for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, forskingsmidlane over jordbruksavtalen og Klagenemnda for kvoteordninga for mjølk ligg også under dette resultatområdet. Det same gjeld ansvaret for kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt ansvarsområde.
Handel og industri
På resultatområdet marknadstiltak, handel og industri skal SLF bidra til å sikre ein godt fungerande næringsmiddelindustri og ein stabil marknad som gjev avsetnad for norske jordbruksråvarer til stabile prisar. Omsetnadsledd og næringsmiddelindustri er sentrale målgrupper. Viktige ansvarsområde er importvernet for landbruksvarer, sekretariatsfunksjonen for Omsetningsrådet, ordningar retta mot næringsmiddelindustrien og pris- og marknadsovervaking. SLF bidreg med faglege analysar og grunnlagsmateriale i internasjonale forhandlingar med mellom anna WTO, EU og EFTA.
Administrasjon
På resultatområdet administrasjon har SLF oppgåver innan organisasjonsutvikling, personalforvaltning, rekneskapsføring, økonomistyring, beredskap, IKT drift og utvikling og andre fellestenester som sentralbord og arkiv. Målet er å bidra til ei velfungerande verksemd som utnyttar ressursane sine på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester.
Rapportering 2012
SLF har i 2012 utvikla retningsliner for og starta handsaminga av søknader på den nye tilskottsordninga til tømmerkaier som det blei løyvd midlar til i samband med revidert nasjonalbudsjett 2012. Planteaktiviteten har dei siste åra vore låg. SLF bad difor i 2012 kommunane utføre intensivert kontroll av foryngingsplikt etter hogst. Det er difor positivt å registrere at planteaktiviteten auka med 15 pst. i 2011 og 11 pst. i 2012. Omfanget av ungskogpleie har også auka i 2012, med 9 pst.
Regionale miljøtilskott er viktige for ein målretta miljøinnsats, og i 2012 blei 45 pst. av midlane brukte på forureiningstiltak og 32 pst. på kulturlandskapstiltak. Resten blei fordelte på andre tiltak, mellom anna kulturminne og biologisk mangfald. Nytt elektronisk fagsystem for utbetaling av regionale miljøtilskott blir teke i bruk hausten 2013.
SLF er sekretariat for Nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak i jordbruket. I 2012 blei det løyvd til saman 4,997 mill. kroner frå programmet til 11 ulike prosjekt.
For 2012 blei det avsett 44 mill. kroner til utviklingstiltak innan økologisk landbruk. 52 ulike prosjekt har fått støtte. Prosjekta har tiltak både innan produksjon og forbruk. Tildeling av midlar til regionale handlingsplanar og føregangsfylkessatsinga er vidareført også i 2012. Prosjekt som har fått utviklingsmidlar er omtalte på nettsidene til SLF.
I 2012 blei det handsama ekstraordinært mange erstatningssaker på naturskadeområdet. Totalt 3 439 erstatningssaker, inkludert klagesaker, blei handsama i 2012, mot 1 671 saker i 2011 og om lag 1 000 saker i eit gjennomsnittsår. Det blei tilkjend erstatning på totalt 305,4 mill. kroner i 2012, jf. kap. 1148, post 71. Ein stor del av sakene som blei handsama i 2012 gjaldt pinseflommen i 2011.
I 2012 blei det utbetalt 87 mill. kroner i erstatning for klimarelaterte skadar, noko som i hovudsak gjeld avlingssvikt i planteproduksjonar i landbruket. Dette er om lag dobbelt så mykje som i eit gjennomsnittsår og skuldast tap i 2011, då det var stor avlingssvikt i Sør-Noreg.
Av post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar, blei hovuddelen av erstatninga utbetalt til motarbeiding av biepest (open yngelråte), plantesjukdommar i veksthusproduksjon og heksekost på frukttre.
Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering blei flytta til kap. 1150, post 77, underpost 15 frå 2012. Det er likevel utbetalt 3,8 mill. kroner på post 74 i 2012. Årsaka er at 75 pst. av løyvinga blei utbetalt i 2011. Den resterande delen, 25 pst., blei utbetalt i 2012 etter innsending av rekneskap og årsrapport frå Graminor AS.
SLF har utarbeidd faglege utgreiingar og grunnlagsdokumentasjon til jordbruksoppgjeret i 2012. Det var særleg merksemd omkring tilpassing av regelverket for å oppnå betre målretting og utfordringar med kontroll av tilskott.
I 2012 har SLF arbeidd med vidareutvikling av meir brukarvennlege løysingar og kvalitet knytt til søknad, sakshandsaming, kontroll og utbetaling av tilskott. Ny forskrift om kvoteordninga for mjølk blei implementert i 2012.
SLF følgjer opp at Fylkesmannen utfører det regionale kontrollansvaret på ein god måte. SLF bad i fullmaktsbrevet i 2008 til Fylkesmannen om at det blei gjennomført forvaltningskontroll på tilskottsområdet i alle kommunane innan 2012. Denne ambisjonen er nådd i 16 av fylka. Avvik som blir oppdaga gjennom forvaltningskontrollane har gjeve grunnlag for vidareutvikling av både tilskottsforvaltning og kontrollaktiviteten.
Som sekretariat for styra for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og forskingsmidlar over jordbruksavtalen, legg SLF stor vekt på nettpublisering av forskingsresultata.
SLF har i 2012 arbeidd med å sikre god forvaltning av importvernet for landbruksvarer og dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer.
I 2012 er det gjennomført ei evaluering av prisutjamningsordninga for mjølk.
SLF har også i 2012 utført arbeid i samband med forhandlingar med EU, frihandelsavtalane under EFTA, WTO-avtalen og GSP-ordninga for landbruksvarer. Gjennom GSP-ordninga kan utviklingsland eksportere landbruksvarer til Noreg med låg eller ingen toll.
I 2012 er det arbeidd med ny strategi for SLF for perioden 2013-2018. Arbeidet med strategien blei fullført i 1. tertial 2013.
Innanfor IKT-området har SLF prioritert risikoreduserande arbeid og aktivitetar som bidreg til gevinstar og betre tenester for brukarane. Dette omfattar både utvikling av nye elektroniske system og vidareutvikling av eksisterande løysingar. Det er vektlagt standardisering og bruk av statlege fellesløysingar som mellom anna Altinn. Fleire system er ferdigstilte i 2012.
Nærare omtale av aktiviteten i SLF i 2012 finst i årsrapporten for 2012 på www.slf.dep.no.
Budsjettframlegg 2014
I 2014 vil det vere viktig å utvikle verksemda vidare. For å nå måla, blir det viktig å gjennomføre strategiane som er lagde til grunn.
Ein viktig del av arbeidet med å utvikle SLF vidare, er arbeidet på IKT-området. Det er nødvendig å halde fram satsinga på IKT for å auke tilgjenge og service i tenesteytinga overfor brukarane. Viktige brukargrupper, som bønder og aktørar i næringsmiddelindustrien, ønskjer at det skal vere mogleg å kommunisere elektronisk med SLF når dei måtte ønskje det. Bruk av IKT vil bidra til dette, og inneber ei betre forvaltning for brukarane av tenestene. Innhenta og lagra data er også ein viktig ressurs i SLF sin informasjon til forvaltning, næring og samfunn.
Ein effektiv og kvalitativ god kontroll og rett oppfølging av brot på regelverk, er viktig for næringslivet, for tilliten til forvaltninga og for legitimiteten til landbrukspolitikken. SLF vil vidareføre arbeidet med målretta kontroll av økonomiske verkemiddel på SLF sitt ansvarsområde. Vurderingar av risiko og vesentlegheit er grunnlaget for kontrollverksemda. Erfaring viser at auka merksemd på kontroll avdekkjer fleire brot på regelverk og feil frå søkjar som må følgjast opp. SLF vil prioritere raskare oppfølging av klagesakene. Oppfølging av fylkesmannsembeta på dette området er viktig.
Under følgjer nærare omtale av viktige oppgåver innanfor dei enkelte resultatområda til SLF i 2014.
Ressurs, skogbruk og areal
SLF vil i 2014 vidareutvikle innsatsen på skogområdet for å sikre ei berekraftig og miljøtilpassa utvikling av skognæringa. SLF vil følgje opp skogtiltaka i dei siste meldingane til Stortinget som omhandlar klima- og landbrukspolitikk. Oppfølging av verkemidla i den ekstraordinære tiltakspakka retta mot skogbruksnæringa og skogindustrien, som Stortinget gav tilslutning til våren 2013, samt oppfølging av EU-forordning 995/2010 om handel med tømmer og treprodukt, vil vere prioriterte oppgåver.
På klima- og miljøområdet vil SLF halde fram med forbetring av status- og resultatrapportering for ulike miljøtiltak, utgreiing og utvikling av tiltak på klimaområdet, særleg knytt til jord, gjødsling og husdyrgjødsel. Regional og lokal oppfølging av vassdirektivet og oppfølging og implementering av naturmangfaldlova i landbruksforvaltninga, samt arbeid med jordvern og kulturlandskap vil også vere sentrale oppgåver i 2014.
SLF vil i 2014 leggje vekt på å utvikle samarbeidet med Miljødirektoratet på desse områda.
SLF vil leggje til rette for utvikling av økologisk landbruk og omsetnad av økologiske produkt retta mot målet om 15 pst. produksjon og forbruk innan 2020.
SLF vil i 2014 leggje vekt på å ha tilstrekkeleg med ressursar til god og effektiv handsaming av den forventa store mengda med søknader om naturskadeerstatning som vil komme som følgje av flaumen i mai 2013.
Landbruksproduksjon
Innspel til målretting og forbetringar av dei økonomiske og juridiske verkemidla over jordbruksavtalen er også viktig i 2014.
I 2014 vil SLF leggje vekt på å vidareutvikle den nettbaserte forvaltninga av tilskott og kvoteordninga for mjølk, med sikte på å bli meir brukarvennleg og å auke kvaliteten i forvaltninga.
Handel og industri
SLF vil i 2014 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer. Det vil vere ei prioritert oppgåve å sikre like konkurransevilkår for aktørane i prisutjamningsordninga for mjølk. SLF vil vidareføre arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA). Marknadsovervaking med rapportering og analyse av nasjonale og internasjonale marknader for jordbruksråvarer er viktig.
SLF vil halde fram med å følgje nøye med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien).
SLF vil forvalte importvernet for landbruksvarer i tråd med internasjonale forpliktingar, med mål om å sikre avsetning for norske landbruksvarer.
Administrasjon
SLF vil i 2014 halde fram med å vidareutvikle datasystema slik at desse blir meir brukarvennlege, men også for å redusere risiko og sikre ei stabil drift. I tillegg ønskjer SLF å tilby brukarane nye elektroniske tenester gjennom Altinn. SLF har som mål å utvikle alle tenestene sine digitalt og etablere eit heilskapleg og effektivt sakshandsamingssystem.
SLF vil fortsetje arbeidet med informasjonssikkerheit, der haldningsskapande arbeid vil vere ein sentral del. Beredskapsarbeidet vil også vere eit viktig område i 2014. SLF skal også vidareføre arbeidet med mål- og resultatstyring i verksemda og det generelle arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.
Merknader til dei enkelte postane
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje SLF sine driftsutgifter. For å kunne oppretthalde nødvendig fleksibilitet, vil det framleis vere aktuelt å belaste tilskottsordningane under kap. 1150 med visse utgifter, særleg av utviklings- og utgreiingskarakter, ved evalueringar m.m. Departementet gjer framlegg om følgjande endringar:
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten med 1,6 mill. kroner for å dekkje administrative kostnader knytt til kvalitetsgradering og faglige tiltak for norsk ull, mot tilsvarande reduksjon i løyvinga på kap. 1150, post 73 Pristilskott.
Landbruks- og matdepartementet har utnemnt SLF som ansvarleg myndigheit for oppfølging av EU-forordning 995/2010 om handel med tømmer og treprodukt. Dette gjev SLF eit ansvar for vidareutvikling av systema sine for registrering av tømmer, kontroll av verksemder og oppfølgingsorganisasjonar, informasjon og rettleiing. Departementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon i løyvinga på kap. 1138, post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar. Midlane skal dekkje utgifter SLF har til oppfølging av tømmerforordningan. SLF kan også nytte midlane til anna arbeid på skogområdet.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på kap. 1143, post 01 på 185,880 mill. kroner for 2014.
Post 60 Tilskott til veterinærdekning
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 134,449 mill. kroner i tilskott til veterinærdekning i kommunane.
Formålet med tilskottet er å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet vil bli gjeve til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar).
Hovuddelen av den føreslåtte løyvinga på posten, om lag 116,9 mill. kroner, vil bli nytta til å dekkje kostnader til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane blir fordelte mellom kommunane ut i frå vaktinndeling. Vaktinndelinga og satsar for godtgjersle blir fastsett av kommunesektoren sin organisasjon KS etter at dei har innhenta råd frå Den norske veterinærforening.
Framlegget til løyving omfattar også om lag 12,6 mill. kroner som kommunane kan nytte til stimuleringstiltak for å sikre generell tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester, og som legg planar for gode, lokale løysingar. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane i landet vil fylle kriteria for å kunne søkje midlar frå denne delen av løyvinga.
I framlegget er det også lagt inn om lag 4,95 mill. kroner til administrative kostnader for kommunane.
Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren
Departementet gjer framlegg om å etablere ei ordning med beredskapslagring av matkorn. I Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken, blei det varsla eit utgreiingssarbeid om nasjonale beredskapslagre av matkorn. SLF har på oppdrag frå departementet vurdert behovet, og tilrår gjeninnføring av beredskapslager for matkorn tilsvarande forbruk i 6 månader, om lag 100 000 tonn.
Departementet viser til at globale utfordringar med spesielle verforhold har ført til auka ustabilitet i den globale kornmarknaden. Avlingsnivå og kvalitet på det norske matkornet har også vist auka ustabilitet dei siste åra og gjort Noreg meir avhengig av import. Samstundes har fleire store korneksporterande land i periodar innført eksportrestriksjonar, seinast hausten 2012.
Departementet har stor merksemd på risiko, tryggleik og beredskap. Uventa hendingar kan skje også når det gjeld kornforsyninga. Departementet meiner at gjeninnføring av nasjonale beredskapslagre av matkorn vil gje auka tryggleik i forsyninga av matkorn til den norske marknaden.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om ei løyving på 5 mill. kroner til etablering av ei ordning med beredskapslagring av matkorn. Nærare retningsliner må utformast før ordninga kan bli sett i verk.
Posten omfattar også beredskapsordninga for mjøl til bakeribransjen i områda fra Ofoten/Vestfjorden og nordover. Ordninga byggjer på avtale mellom Norgesmøllene og SLF. I avtalen forpliktar Norgesmøllene seg til, i tillegg til eigne driftslager, å halde eit beredskapslager av kornbaserte råvarer tilsvarande sal til bakeria i området i ein periode på 20 dagar. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 386 000 kroner til dette for 2014.
Post 72 Erstatningar
Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 302 000 kroner som skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999. Dei årlege erstatningane på posten blir i tråd med Trollheimenskjønnet oppjusterte kvart femte år.
Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar
Formålet med tilskottet er å gje produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal også dekkje meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sette i verk som følgje av for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.
Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 45,610 mill. kroner for 2014.
Post 75 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt
Løyvinga på posten skal nyttast til å gje dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, med heimel i dyrevelferdslova, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 1 mill. kroner for 2014.
Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsinntekter m.m. | 44 822 | 37 718 | 38 625 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 213 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 943 | ||
Sum kap. 4143 | 47 977 | 37 718 | 38 625 |
Post 01 Driftsinntekter m.m.
Posten gjeld driftsinntekter som SLF har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetningsrådet, Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir også førte på posten. Det er budsjettert med 38,625 mill. kroner i inntekter for 2014.
Kap. 1144 Regionale og lokale tiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
77 | Regionale og lokale tiltak i landbruket, kan overførast | 5 574 | 6 810 | 7 048 |
Sum kap. 1144 | 5 574 | 6 810 | 7 048 |
Post 77 Regionale og lokale tiltak i landbruket
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å:
bidra til desentralisering av ansvar og myndigheit til kommunane på landbruksområdet
styrkje Fylkesmannen si rolle som kompetansesenter for kommunane
styrkje innsatsen til Fylkesmannen og kommunane sitt arbeid innanfor miljø- og ressursforvaltning og næringsutvikling
Rapportering 2012
I 2012 blei det nytta 5,6 mill. kroner til kommuneretta arbeid og til arbeid innan miljø- og ressursforvaltning over kap. 1144, post 77.
Tilskotta til kommuneretta arbeid blei nytta til å utvikle dialogen mellom Fylkesmannen og den politiske og administrative leiinga i kommunane, og til kompetansehevande tiltak for den kommunale landbruksforvaltninga. I tillegg har løyvinga blitt nytta til samarbeidsavtalen med KS (kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon), som blei avslutta 31.12.2012. Avtalen har ført til at samarbeidet med kommunesektoren sentralt og regionalt har blitt styrkt. Gjennom avtalen har landbrukssektoren blitt meir synleg og integrert i kommunane sitt samfunns- og næringsutviklingsarbeid.
Det blei tildelt 2,3 mill. kroner til utviklingsprogrammet for fjellregionen (Alvdal, Folldal, Tolga, Os, Tynset, Rendalen og Røros). Denne tildelinga blei disponert av Fylkesmannen i Hedmark. Løyvinga er nytta til utviklingsarbeid innanfor småfenæringa i regionen, med vekt på rettleiing til småfebrukarar og til forskings- og utviklingstiltak for å fremje næringsutvikling.
Kommunane rapporterer på forvaltning av landbruksareal etter jordlova, plan- og bygningslova, konsesjonslova og odelslova gjennom KOSTRA. Det har i 2012 blitt nytta midlar til vidareutvikling og oppfølging av dette rapporteringssystemet. Det blei også løyvd midlar til heving av kompetanse i samfunnsplanlegging via Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS).
Det blei i 2012 løyvd midlar til Fylkesmannen sitt arbeid innanfor rovviltforvaltning, og til å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn i fylke med mykje arealavrenning. Midlar har også gått til prosjektsamarbeid på landbruksområdet mellom Noreg og Russland. Fylkesmannen i Finnmark har koordineringsansvaret for norsk-russiske landbruksprosjekt.
Budsjettframlegg 2014
Departementet gjer for 2014 framlegg om ei løyving på 7,048 mill. kroner.
Det vil blant anna bli sett av midlar for å styrkje samhandlinga og dialogen med kommunane på landbruksområdet, og til å vidareføre Fylkesmannen sitt arbeid innan rovviltforvaltning og rammedirektivet for vatn.
Samarbeidet med KS blir vidareført gjennom prosjektet Landbruk som en aktiv del av lokal samfunnsutvikling, der målet er å utvikle ein metode for å auke forståinga og kompetansen om korleis landbruk kan bli meir integrert i arbeidet med lokal samfunnsutvikling. Departementet har starta opp eit prosjekt i samarbeid med Miljøverndepartementet for å styrkje den samla kompetansen i kommunane innanfor plan, miljø og landbruk. I samband med dette er det gjeve støtte til eit pilotprosjekt i Sør-Trøndelag: Fylkespilot for å styrke plan-, miljøvern- og landbrukskompetansen i kommunene i Sør-Trøndelag. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag har fått ansvar for å utvikle dette pilotprosjektet, som i hovudsak vil gå ut på å heve kompetansen innanfor områda plan, miljøvern og landbruk.
Løyvinga til Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS) og midlar til oppfølging og drift av rapporteringssystemet KOSTRA vil bli vidareført.
Det vil også bli løyvd midlar til prosjektsamarbeidet på landbruksområdet mellom Norge og Russland, som Fylkesmannen i Finnmark koordinerer.
Kap. 1147 Statens reindriftsforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 44 920 | 44 203 | 44 840 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 6 559 | 7 118 | 7 289 |
70 | Tilskott til fjellstover | 679 | 725 | 750 |
71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast | 5 825 | 9 198 | 9 520 |
82 | Radioaktivitetstiltak, kan overførast | 871 | 2 500 | 2 500 |
Sum kap. 1147 | 58 855 | 63 744 | 64 899 |
Endring i organiseringa av reindriftsforvaltninga
I samband med framlegginga av budsjettet for 2012, blei det orientert om at regjeringa har gjort framlegg om at det skal gjennomførast endringar i organiseringa av den offentlege forvaltninga av reindrifta. Forslaget er forankra i regjeringa si politiske plattform for 2009–2013.
Målet med endringane er i større grad å harmonisere og inkludere denne forvaltninga med anna offentleg forvaltning, og å tydeleggjere forvaltningsstrukturen. Vidare vil endringane etter departementet sitt syn, gje ei offentleg forvaltning av reindrifta som er tydeleg og oversiktleg i struktur, oppbygging og oppgåvefordeling.
Prosessen med endring av organiseringa av reindriftsforvaltninga har teke lenger tid enn venta. Dette har samanheng med at konsultasjonar med Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) om saka har vore krevjande, og det blei ikkje oppnådd semje om ny forvaltningsmodell. På siste konsultasjonsmøte den 21. januar 2013 melde departementet at ein etter nye vurderingar i lys av konsultasjonane, kom fram til at det opphavlege forslaget måtte oppretthaldast, men med enkelte justeringar. Det blei difor konstatert at partane ikkje blei samde, og at konsultasjonane skulle avsluttast.
Den 27. mai d.å. vedtok Stortinget ei endring av reindriftslova som inneber ei avvikling av områdestyra og overføring av styra sine oppgåver til Fylkesmannen. Samstundes gav Stortinget si støtte til regjeringa sitt framlegg om ei administrativ overføring av områdekontora til Fylkesmannen. Sjå nærare omtale i Prop. 89 L (2012–2013) Endringer i reindriftsloven mv. (avvikling av områdestyrene), Innst 307 L (2012–2013) og Lovvedtak 65 (2012–2013).
Overføringa av områdestyra si myndigheit til fylkesmennene er føresett å skje parallelt med ei administrativ overføring av områdekontora til Fylkesmennene. Fylkesmannen vil dermed bli den statlege regionale fagstyresmakta i den offentlege forvaltninga av reindrifta, jf. også Fylkesmannens tilsvarande rolle på landbruksområdet og på miljøområdet.
Områdekontora blir framleis lokaliserte der dei er i dag. Vidare blir Statens reindriftsforvaltning (SRF) halde ved lag som før. Reindriftsstyret blir vidareført og skal halde fram med å bidra til å sikre samisk deltaking i den offentlege forvaltninga av reindrifta. Landbruks- og matdepartementet vil halde fram med å ha det overordna faglege ansvaret for den offentlege forvaltninga av reindrifta.
Samisk medverknad og reindriftsfagleg kunnskap vil vere viktig også i ein ny forvaltningsmodell. Landbruks- og matdepartementet vil invitere Sametinget og NRL til dialog om utvikling av rammer for samisk og reindriftsfagleg medverknad i ei ny regional forvaltning, jf. Prop. 89 L (2012–2013). Dette skal sikre kontakt mellom fylkesmannsembeta, reindrifta og Sametinget. Formålet er at partane får ein formell arena for drøfting av tema av betyding for reindrifta. Kontaktforuma får ikkje oppgåver etter reindriftslova, eller anna avgjerdsmyndigheit. Fylkesmennene får ansvaret for å følgje opp dei rammene som blir utarbeidde.
Endringane med ei avvikling av områdestyra og overføring av områdekontora til Fylkesmannen vil tre i kraft frå 1. januar 2014, og regjeringa legg opp til at også Fylkesmannen sine utgifter blir dekte over kapittel 1147 i 2014.
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Hovudformålet med løyvinga er drift av Statens reindriftsforvaltning. SRF er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale reindriftspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. SRF har ei sentral rolle i gjennomføringa av reindriftspolitikken, og det er lagt opp til at forvaltninga i vesentleg grad også skal ha ei rådgjevande rolle. Tilrettelegging og aktivt arbeid for at måla i reindriftspolitikken blir nådde står også sentralt. SRF forvaltar reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen, og er også sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret.
Rapportering 2012
I 2012 har hovudoppgåva for forvaltninga vore å følgje opp distrikta sine godkjende bruksreglar. Ved utgangen av 2011 hadde alle sommar- og heilårsdistrikt fått godkjent bruksreglane sine. Dette gjeld både beitebruksreglane og talet på rein for den enkelte siidaen. For ein del førte klagehandsaming til at det endelege vedtaket låg føre i 2012. Ut frå godkjende bruksreglar skal talet på rein reduserast med om lag 40 000 rein. Nesten alle distrikt i Vest-Finnmark og enkelte distrikt i Aust-Finnmark skal redusere talet på rein. Det er 12 distrikt som skal redusere med 30-49 pst. Svært få av siidaene i desse distrikta blei samde om ein reduksjonsplan i samsvar med lova. Dette førte til at Reindriftsstyret hausten 2012 sendte ut varsel om gjennomføring av forholdsmessig reduksjon av reintalet. Reindriftsstyret har følgt opp varselet og fatta vedtak om tidsfristar for reintalsreduksjon for ei rekkje distrikt/siidaer i Vest-Finnmark og Aust-Finnmark reinbeiteområde. Heile reduksjonen er forventa å vere gjennomført i løpet av 1-3 år, avhengig av kor mange dyr distriktet skal redusere med. Arbeidet med å tilpasse talet på rein til beitegrunnlaget har vore utfordrande. Utfordringane har auka i styrke jo nærare ein har komme det tidspunktet der Reindriftsstyret skulle fatte vedtak om fristar for forholdsmessig reduksjon.
SRF har vidare lagt til rette for at Fylkesmannen kan få eit betre og meir effektivt grunnlag for erstatningsutbetalingane for rein som har blitt tekne av rovdyr.
Det er gjennomført møte i dei områdevise beredskapsutvala. Forvaltninga har starta eit arbeid med ein gjennomgang av mandatet for dei områdevise beredskapsutvala, inkludert kva for oppgåver utvala skal ha.
Det er gjennomført ei oppdatering av reindrifta sine arealbrukskart for dei tre områda som ligg lengst sør. Desse karta er lagt ut på Noreg Digitalt. Arbeidet med digitalisering av karta i Troms og Finnmark startar opp i 2013. Ein stor del av områdekontora si tid går til oppfølging av planprosessar i kommunar. For å auke kompetansen om gjeldande regelverk, er det gjennomført fleire seminar om plan- og bygningslova for reinbeitedistrikt i Nordland. SRF har utarbeidd retningsliner for si eiga involvering i kommunal planlegging. Det er også tydeleggjort ansvarsliner mellom reinbeitedistrikta, kommunane og SRF. I samanheng med handsaminga av konsesjonssøknader om vindkraftutbyggingar, har forvaltninga utført fire tematiske konfliktvurderingar.
SRF er sekretariat for Marknadsutvalet for reinsdyrkjøtt. Aktiviteten i dette utvalet har vore større enn først tenkt. Dette skuldast fleire forhold, blant anna ein vanskeleg marknadssituasjon for reinsdyrkjøtt dei siste åra og manglande planmessig marknadsarbeid over fleire år.
Teljing av rein er eit verkemiddel for å føre kontroll med om tilskottsutbetalingane er rette. SRF har gjennomført offentlege teljingar i 2012. Det er avdekka få tilfelle av underrapportering av rein. I dei tilfella der underrapportering er avdekka, er det sett i verk tiltak.
For at den årlege tilskottshandsaminga skal vere i samsvar med økonomiregelverket i staten, er det gjennomført kontroll med om lag 5 pst. av dei handsama søknadene om tilskott og utbetalingar i 2011. Det er også etablert rutinar i datasystemet Grunnmur for kontroll av dei tala som er gjeve av den enkelte siidaandelen og dei tala som blir oversende frå Skatteetaten.
Budsjettframlegg 2014
Posten skal dekkje Statens reindriftsforvaltning sine driftsutgifter.
Endringar i forvaltninga av reindrifta vil skje i 2014, men det vil ikkje bli flytta midlar frå Landbruks- og matdepartementet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet sitt budsjett før i 2015. Dei auka utgiftene for Fylkesmannen i 2014 vil difor bli dekte over kapittel 1147 i 2014.
Reindriftslova er basert på at reindrifta er avhengig av dei biologiske ressursane på beiteareala, og at tilgangen til og bruken av desse må vere berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Godkjente bruksreglar vil utgjere fundamentet i ressursforvaltninga framover og vere ein føresetnad for at ei rekkje av reglane etter lova skal komme til bruk. I dei tilfella der distrikta ikkje følgjer opp i samsvar med godkjente bruksreglar, skal forvaltninga setje inn tiltak.
I dei siste åra har enkelte distrikt i fleire reinbeiteområde hatt ein låg produksjon. I Finnmark indikerer det høge reintalet i enkelte område at ressurssituasjonen her framleis er kritisk. Høge tap til rovdyr, sjukdom og vedvarande dårlege klimatiske vilkår på vinterbeite er andre årsaker til den låge produksjonen. Det er naudsynt med auka kunnskap om dei ulike årsakene til tap i reindrifta og om samspelet mellom desse. Det er difor viktig at forvaltninga hjelper aktivt til med å auke kunnskapsgrunnlaget om tapa. Vidare er det viktig å halde fram arbeidet med å stimulere til auka slakting og til ein reduksjon av reintalet i Finnmark. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, skal forvaltninga hente inn og gjere tilgjengeleg naudsynte grunnlagsdata, mellom anna om beiteforhold og slaktevekter.
SRF skal halde fram med å etablere nettverk og alliansar med andre offentlege organ og gjere desse kjende med reindrifta sine behov for samanhengande areal og konsekvensane av ulike tiltak innanfor reinbeiteland for reindrifta. Vidare skal SRF arbeide aktivt for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og gjere denne kjent for kommunar og fylke.
SRF skal vere ein aktiv pådrivar for endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken. Vidare skal SRF satse på auka kompetanse rundt det gjeldande regelverket mellom eigne tilsette, representantar i Reindriftsstyret og hos reindriftsutøvarane.
SRF skal ferdigstille arbeidet med å få oppdatert og digitalisert reindriftskarta og gjere karta lett tilgjengelege på internett.
I samband med at det er etablert ein metode for konfliktvurdering av særskilde område ved vindkraftutbygging, skal SRF jamleg utarbeide ei tematisk konfliktvurdering knytt til reindrift av melde og omsøkte vindkraftprosjekt.
Forhandlingane med Sverige om ein ny reinbeitekonvensjon er sluttførte. Konvensjonen har vore på høyring. SRF skal bidra til å effektuere den nye konvensjonen.
Det blir forhandla om ein ny reingjerdekonvensjon mellom Noreg og Finland. SRF skal leggje til rette og hjelpe til under forhandlingane om ein ny konvensjon og ved ein eventuell effektuering av ny konvensjon i 2014.
SRF skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta, og skal stimulere næringa til auka produksjon og produksjonsoptimalisering. Saman med næringa sine organ og andre aktørar, skal SRF bidra til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein formålstenleg måte som gjev størst effekt og verdiskaping. I samband med dette skal SRF, i nært samarbeid med Innovasjon Noreg, arbeide for at verkemidla frå Reindrifta sitt Utviklingsfond (RUF) og Reinprogrammet blir sette i samanheng med kvarandre, slik at den samla effekten blir størst mogeleg. Ei viktig oppgåve for SRF er å skape heilskap og samspel i verdikjeda. Det er difor nødvendig å prioritere fellestiltak i reindrifta framover. SRF skal arbeide aktivt for å synleggjere kvinnene sin innsats og leggje til rette for å styrkje kvinner si stilling i reindrifta.
SRF er sekretariat for Reindrifta sitt marknadsutval. Forvaltninga skal sikre at møta i utvalet blir gjennomførte og følgje opp bruken av midlane.
SRF skal bidra til at tilskottsordningar blir forvalta effektivt, trygt og nytta systematisk for å oppnå høgare verdiskaping gjennom eit enklare og betre regelverk. Rettleiingsmaterialet skal liggje føre både på norsk og nordsamisk. SRF skal føre vidare arbeidet med å leggje til rette for elektroniske sjølvbetjeningsløysingar og gje innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Vidare skal SRF arbeide for å sikre rask og lik handsaming av dei enkelte utøvarane i dei ulike reinbeiteområda. Som ein del av kontrollarbeidet skal SRF halde fram med å telje rein i dei ulike reinbeiteområda. Ved større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar skal det bli sett inn tiltak.
SRF skal delta aktivt i arbeidet med å utvikle konfliktførebyggjande tiltak i forholdet til andre næringsinteresser. SRF skal også bidra til at forskingsmidlane blir nytta til å framskaffe og formidle kunnskap med sikte på å nå målet om ei berekraftig reindrift.
SRF må drive aktiv informasjonsverksemd om ansvarsområda sine overfor eit større publikum og formidle informasjon om utviklinga i reindrifta og dei sentrale verdiane som reindrifta tek vare på.
Dokumentasjon og formidling av reindrifta sin arealbruk og rettar er avgjerande for næringa si framtid. Dette stiller krav om nær kontakt mellom næringa sine representantar, SRF og andre offentlege organ for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som eit avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig utvikling. Dette er særleg viktig i arbeidet med å fastsetje dei påkravde vilkåra i reindrifta.
SRF skal arbeide aktivt for å profilere reindrifta sine positive sider og leggje til rette for ein betre kunnskap om reindrifta i Noreg.
SRF skal vere ei verksemd som utnyttar ressursane sine på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester. SRF skal halde fram med vidareutvikling og betring av IKT-system, HMS, einsarta forvaltning, personal- og lønspolitikk, arbeidsmiljø, kompetanseoppbygging, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling og interne driftsoppgåver. Når det gjeld kompetanseoppbygging, skal forvaltninga særleg prioritere opplæring av dei tilsette i samisk språk.
Formålet med den administrative overføringa av områdekontora til Fylkesmannen er å få ei meir oversiktleg og effektiv forvaltning som kan inngå i eit breiare fagleg miljø, og som samla sett gjev kompetansemessige vinstar. For å oppnå denne effekten, vil det vere sentralt å ha stor merksemd omkring gjensidig kompetanseoppbygging. Det vil til dømes vere naudsynt å styrkje kompetansen på reindriftsområdet hos Fylkesmannen, samstundes som det blir lagt til rette for å behalde, vidareføre og vidareutvikle dagens kompetanse på reindriftskontora.
SRF vil få ein sentral rolle i gjennomføringa av ulike nettverks- og kompetansetiltak i etterkant av den administrative overføringa 1. januar 2014. Kva tiltak som skal prioriterast, vil måtte vurderast etter at ein har fått kartlagt behovet.
Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 44,840 mill. kroner for 2014.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgiftene til ei oppfølging av Noreg sitt ansvar for grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland. Posten skal også dekkje utgiftene til effektuering av reinbeiteavtalar i Rørosregionen. I tillegg skal posten dekkje eventulle erstatningskrav frå finske styringsmakter i samsvar med den gjeldande reingjerdekonvensjonen mellom Noreg og Finland.
Rapportering 2012
SRF har følgt opp vedlikehaldsansvaret sitt for gjerde mot Sverige og Finland.
I samanheng med Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid med å leggje til rette for reindrift i dei områda der reindrifta ikkje er tilkjent beiterett i Rørosregionen, har forvaltninga etablert ein årleg dialogarena mellom Femunden reinbeitedistrikt, grunneigarutvalet i Korssjøfjellet og SRF.
Budsjettframlegg 2014
SRF skal sikre at Noreg sitt ansvar for grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland blir ivaretekne. Vidare skal posten dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske styresmakter for norsk rein som har kryssa grensa til Finland.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 7,289 mill. kroner for 2014.
Post 70 Tilskott til fjellstover
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for mellom anna reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med SRF. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.
Rapportering 2012
Det er gjeve tilskott til alle fjellstovene.
Budsjettframlegg 2014
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 750 000 kroner i 2014.
Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark
Formål med løyvinga
Utfordringa med å nå målet om ei berekraftig reindrift har vore og er størst i Finnmark. Formålet med løyvinga til omstillingstiltak i Indre Finnmark er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift i Finnmark.
Fram til og med 2013 har løyvinga mellom anna dekt utgiftene til forlenga omstillingsløn.
Reindrifta har store tap, og det er ein stor differanse mellom det som det blir søkt om og det som blir erstatta som tap av rein til rovdyr. Dette har ført til auka konflikt mellom næringa og styresmaktene om tapsårsaker. Auka kunnskap om produksjon og tap vil vere viktig, både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Utgifter for auka kunnskap om produksjon og tap i reindrifta blir dekte over denne posten.
Utover dette har formålet med løyvinga vore å dekkje ei rekkje tiltak for å følgje opp reindriftslova av 2007, samt enkelte utviklings- og utgreiingskostnader.
Rapportering 2012
Det er utebetalt i underkant av 300 000 kroner til forlenga omstillingsløn i 2012.
Det er gjennomført offentlege teljingar av rein både i Aust-Finnmark reinbeiteområde og i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Der det er avdekka underrapportering er det sett i verk økonomiske tiltak.
Det er betalt 2,436 mill. kroner til Norsk institutt for naturforvaltning (NINA) for å dekkje departementet sin del av prosjektet for auka kunnskap om produksjon og tap i reindrifta.
Budsjettframlegg 2014
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 9,520 mill. kroner til omstillingstiltak i Indre Finnmark.
Utfordringa med å følgje opp godkjende bruksreglar er størst i dei distrikta i Finnmark der reintalet ikkje er i samsvar med beiteressursene, og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir nådd. Det krev ekstra innsats å følgje opp desse distrikta. Utover bruk av reindriftslova sine reglar, inneber oppfølginga mellom anna at ein skal leggje til rette for fellestiltak for betre infrastruktur og at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansierte over denne posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distriktet og den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjonen.
Som ein del av kontrollarbeidet og oppfølginga av godkjende bruksreglar, skal forvaltninga telje rein. Utgifter til teljing av rein i Finnmark blir dekte over denne posten.
Reindrifta har betydelege tap. Differansen mellom omsøkt og erstatta rovdyrtap er særleg stor i Finnmark, og den har auka konfliktnivået mellom styresmaktene og næringa. Utgifter til å framskaffe ny kunnskap om auka produksjon og tapsårsaker blir dekte over denne posten.
Som eit ledd i arbeidet med å få synleggjort reindrifta sin bruk av areal er utbetringar av eksisterande arealkart påkravd. Vidare er ei utbetring naudsynt ved ei verdiklassifisering av areala. Arbeidet må vidare sjåast i samanheng med distrikta sitt arbeid med bruksreglar og distriktsplanar. Utgifter til digitalisering av kart i Finnmark blir dekte over denne posten.
Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir dekte direkte innanfor løyvingane til drift av SRF. For å kunne oppfylle krava om fleksibilitet, vil det likevel vere aktuelt å belaste enkelte utviklings- og utgreiingskostnader på posten. I den samanhengen blir det vist til behovet for å utgreie og klargjere praktiseringa av nokre av reglane i reindriftsloven. Behovet for ei slik avklaring er viktig no når oppfølginga av prosessen med reintallstilpassing er kome lenger. Det er også naudsynt å greie nærare ut om forholdet mellom reindriftslova og anna lovverk, som mellom anna forvaltningslova og areallovgivinga.
SRF vil få ein sentral rolle i gjennomføringa av ulike nettverks- og kompetansetiltak i etterkant av den administrative overføringa 1. januar 2014. Dei tiltaka som skal prioriterast blir finansierte over denne posten. Det same gjeld evalueringar og kostnader til vidareutvikling og betring av forvaltninga sitt IKT-system, samt samordning og koordinering opp mot fylkesmannsembeta sitt IKT-system.
Post 82 Radioaktivitetstiltak
Formål med løyvinga
Staten sitt ansvar for å dekkje kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa fatta om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak blir fastsett etter dei same prosedyrane som forskriftene etter reindriftsavtalen.
Rapportering 2012
Forbruket på posten varierer etter behova for tiltak. I år med mykje sopp aukar behovet. I 2012 har det vore behov for færre tiltak enn først anteke.
Budsjettframlegg 2014
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner i 2014.
Kap. 4147 Statens reindriftsforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Refusjonar m.m. | 652 | 38 | 39 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 725 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 292 | ||
Sum kap. 4147 | 1 670 | 38 | 39 |
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
71 | Naturskade, erstatningar, overslagsløyving | 247 603 | 117 200 | 185 700 |
Sum kap. 1148 | 247 603 | 117 200 | 185 700 |
Post 71 Naturskade, erstatningar
Formål med løyvinga
Statens naturskadeordning gjev erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning er organisert med eit styre og ei ankenemnd. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret og ankenemnda. SLF førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka. SLF har også det administrative ansvaret for ordninga. Styret og SLF skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar blir handsama raskt og forsvarleg . SLF skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.
Rapportering 2012
I 2012 blei det handsama 3 439 krav om erstatning med samla skadetakst på 305,5 mill. kroner. Totalt utgjorde utbetalingane 236,1 mill. kroner. I tillegg blei det utbetalt 11,0 mill. kroner til dekning av takseringskostnader og FoU-tiltak. Størstedelen av erstatningsvedtaka i 2012 skreiv seg frå naturskadehendingar i 2011. Dei mest omfattande av desse hendingane var flaumen i Oppland og Hedmark, flaumen i Sør-Trøndelag og stormane Berit og Dagmar som gjorde særleg stor skade langs kysten frå Vestlandet og nordover. I 2012 førte flaumen i Indre Troms og flaumen i Buskerud og Vestfold i samband med ekstremveret Frida til store skadar. Mange av skadane som oppstod i 2011 kom ikkje inn til styret for handsaming før i 2012. Lensmennene har per 6. juni 2013 framleis om lag 250 saker frå desse hendingane som ikkje er ferdighandsama. Det blei i 2012 finansiert ekstrahjelp i SLF over ordninga tilsvarande 1,5 årsverk for å ta unna dei mange sakene.
Budsjettframlegg 2014
Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremver dette hundreåret. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover. Dei som blir råka av naturskade har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering av mellom anna skadar, og nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for erstatningsordninga.
Erstatningane blir utbetalte etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gje ei rask og forsvarleg handsaming av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av mellom anna styringsdialog, rapportar og informasjon om økonomi.
Styret kan totalt gje tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som blir nytta på naturskadeområdet.
Etter naturskadelova kan det bli sett som vilkår for utbetaling av erstatning at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein også over denne posten gje tilskott på maksimalt 30 000 kroner per sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene. Løyvinga skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år.
Flaumen i mai 2013 gjorde store skadar, spesielt i Oppland og Hedmark, men også mellom anna i Buskerud og Vestfold. Erstatningssakene etter denne hendinga vil føre til ei vedtaksmengd i 2014 som vil bli større enn gjennomsnittet og dermed også føre til auka behov for løyving i 2014. Per primo juni 2013 er det estimert at denne hendinga vil føre til om lag 1 500 erstatningssaker ut over eit gjennomsnittsår, og at om lag 1 000 av desse sakene vil bli handsama i 2014.
Ut frå dette gjer departementet framlegg om ei løyving på 185,7 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 91,9 mill. kroner for 2014, jf. Tabell 2.7 og forslag til vedtak IV.
Tabell 2.7 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2014
(mill. kroner) | ||
---|---|---|
Ansvar per 1.1.2013 | 157,6 | |
+ | Forventa tilsegn i 2013 | 174,2 |
= | Sum | 331,8 |
- | Forventa erstatningsutbetalingar 2013 | 222,7 |
= | Ansvar per 31.12.2013 | 109,1 |
+ | FoU-tilskott, takseringskostnader mv. | 7,0 |
+ | Forventa nye tilsegn i 2014 | 161,5 |
= | Sum | 277,6 |
Forslag til løyving i 2014 | 185,7 | |
Tilsegnfullmakt i 2014 | 91,9 |
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 3 271 | 3 379 | 3 497 |
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast | 93 846 | 2 286 | 23 866 |
72 | Tilskott til auka bruk av tre, kan overførast | 28 000 | 28 980 | |
73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast | 42 000 | 43 470 | |
74 | Tiltak for industriell bruk av trevirke, kan overførast | 5 000 | ||
Sum kap. 1149 | 97 117 | 75 665 | 104 813 |
Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket
Formål med løyvinga
Bakgrunnen for opprettinga av Utviklingsfondet for skogbruket var ein avtale mellom Finansdepartementet og Skogbrukets Arbeidsgiverforening om kompensasjon for opphevinga av refusjon for bensinavgift ved bruk av motorsag i skogbruket.
Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 16.12.2002. Fondet skal støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innanfor skogsektoren representerte. Statens landbruksforvaltning er sekretær for fondet.
Rapportering 2012
I 2012 blei det gjeve tilskott på 4,065 mill. kroner til tolv prosjekt og to reisestipend. Tilskotta blei dekte av løyvinga for 2012 og overførte midlar frå tidlegare år.
Budsjettframlegg 2014
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,497 mill. kroner for 2014. Midlane frå fondet vil i første rekkje bli retta mot brukarretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.
Post 71 Tilskott til infrastruktur- og verdiskapingstiltak i skogbruket
Formål med løyvinga
Regjeringa vil leggje til rette for å styrkje bidraget frå skogen til verdiskaping i heile landet og utvikle dei positive nærings-, energi- og klimabidraga frå skogen. Dette føreset at ein større del av det produktive skogarealet som kan drivast lønsamt, blir teke aktivt i bruk, både med omsyn til auka hogst av hogstmoden skog, hausting av biobrensle og oppbygging av ny skog. Ein hensiktsmessig infrastruktur, frå skog til industri og vidare til marknadene, er avgjerande for skogsektoren sine moglegheiter til å drive konkurransedyktig næringsverksemd, og på denne måten vidarefører sektoren posisjonen sin som ei viktig næring for distrikta og landet. Løyvinga skal bidra til modernisering og vidareutvikling av dagens infrastruktur, samt andre verdiskapingstiltak i skogbruket.
Rapportering 2012
Departementet legg til rette for verdiskapingstiltak i skogbruket mellom anna gjennom tilskott over statsbudsjettet, tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket over jordbruksavtalen og gjennom skogfondsordninga.
Frå 2013 blei det oppretta nye postar under kapittel 1149. Post 71 omfattar tilskott til verdiskapings- og infrastrukturtiltak i skogbruket, post 72 omfattar tilskott til auka bruk av tre, og post 73 omfattar tilskott til andre skog-, klima- og energitiltak.
I 2012 blei det løyvd totalt 120 mill. kroner til verdiskapingstiltak og andre skog-, klima- og energitiltak i skogbruket over post 71. Av desse blei 93 846 kroner utbetalte i 2012. Dei resterande midlane blei overførte til neste års budsjett.
Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket
I samband med revidert nasjonalbudsjett i 2012 blei det løyvd ei ekstraordinær tiltakspakke for treforedlingsindustrien på totalt 100 mill. kroner. Av desse blei 50 mill. kroner løyvd over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet og 50 mill. kroner over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Midlane over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet blei fordelte med 25 mill. kroner til utvikling av kai- og tømmerterminalar, 10 mill. kroner til vedlikehald og modernisering av eksisterande skogsbilvegar, 10 mill. kroner til tiltak for effektiv taubanedrift og 5 mill. kroner til forsking og innovasjon. Statens landbruksforvaltning (SLF) forvalta midlane til kai, skogsbilveg og taubanedrift, totalt 45 mill. kroner.
Kai- og tømmerterminalar
SLF lyste ut midlane, og det kom inn totalt 14 skisser innan fristen 1. november 2012. Fem kaiprosjekt blei prioriterte for utarbeiding av fullstendig søknad, med frist 1. mars 2013. Dei fem prioriterte kaianlegga er Mosjøen, Kaupanger/Sogndal, Hojem/Skodje, Mandal og Lindås/Bergen. Det blei gjeve tilsegn om 0,6 mill. kroner til Skognæringa Kyst for prosjektleiing og for oppfølging av dei fem kaiprosjekta.
Vedlikehald og modernisering av eksisterande skogsbilvegar
Ein stor del av skogsbilvegnettet er gamalt og svarar ikkje lenger til dei krava som transportbehov og transportutstyr stiller i dag. Behovet for vedlikehald og modernisering er spesielt stort i etablerte skogstrøk. Løyvinga hadde til formål å støtte nødvendige utbetringar på slike dårlege skogsbilvegar. Midlane skulle ikkje nyttast til nybygging av skogsbilvegar, til nye trasear på delar av eksisterande skogsbilvegar eller på tiltak med store terrenginngrep. Midlane blei fordelte til ulike fylke med bakgrunn i varsla behov og vurderingar frå SLF. Det blei gjeve tilsegn om rundt 7 mill. kroner til ulike prosjekt og utbetalt 1,2 mill. kroner i 2012, mest i skogstrøka.
Taubanedrift
Ein stor del av den hogstmodne skogen står i bratt terreng. Taubanedrift er utvikla for slikt terreng, og driftsmetoden har også klare miljøfordelar her, mellom anna gjennom redusert behov for driftsvegar og terrenginngrep. I tiltakspakka blei det løyvd 10 mill. kroner til tiltak for effektiv taubanedrift. Midlane er fordelte etter varsla behov frå fylka og etter føringar frå departementet om å prioritere område med særskilte behov, til dømes område som blei råka av orkanen Dagmar i desember 2011. Utover dette blei midlane løyvde etter retningsliner i dei enkelte fylka. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal blei hardt råka av orkanen. Desse fylka fekk den største tildelinga, med 6,15 mill. kroner til Sogn og Fjordane og 1,9 mill. kroner til Møre og Romsdal. Det blei gjeve tilsegn om rundt 5,5 mill. kroner og utbetalt om lag 3,6 mill. kroner i 2012.
Det blei halde attende 1 mill. kroner sentralt hos SLF til prosjekt med formål å fremje effektiv taubanedrift og tiltak for å styrkje taubanemiljøet, både gjennom teknisk utvikling og kompetanseheving. Det er gjeve tilsegn til åtte prosjekt.
Trebasert Innovasjonsprogram
Det viktigaste området i 2012 var bedriftsretta og bransjeretta prosjekt for utvikling av nye produkt og nye løysingar for bruk av tre i byggmarknaden. Nye, industrielle konsept som kan realisere auka bruk av tre innanfor samferdsel, forretningsbygg og urbant byggeri, har vore sentrale arbeidsområde. Potensialet for auka bruk av tre er vurdert å vere størst innanfor desse segmenta. Ein vesentleg del av prosjekta var bedriftsretta, noko som er i tråd med måla for programmet.
Løyvinga til programmet var på 26 mill. kroner i 2012. I tillegg er det overført midlar frå tidlegare år og det gamle Treprogrammet, slik at det totale innvilga beløpet i 2012 blei 47,2 mill. kroner, fordelt på 83 prosjekt.
Programmet har også i 2012 halde fram med å utvikle det regionale nettverket av drivarar. Saman med næringa og det regionale partnarskapet er det no etablert «drivarfunksjonar» for treområdet og i vestlandsfylka, og det blir i 2013 arbeidd vidare med å etablere slike funksjonar også i dei nordlegaste fylka. Programmet bidreg med nødvendig fagleg støtte og til å koordinere drivarane. Drivarane arbeider med å stimulere trebedrifter til å tenkje nytt og utvikle seg vidare. Samarbeidet mellom dei regionale drivarane er vidareutvikla i 2012.
Samarbeidet mellom Trebasert innovasjonsprogram i Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd (NFR) sitt program BIONÆR er ført vidare, mellom anna gjennom koordinering av søknadar mellom dei to institusjonane. Dette har blitt ein effektiv og god arena for å samordne verksemda. Prosjekta blir i tillegg koordinerte med Skogtiltaksfondet, Utviklingsfondet for skogbruket og skogbruket sitt verdiskapingsfond. Programmet har også eit samarbeid med NFR om kva for område det skal satsast på i programutlysingar.
Som ei oppfølging av Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken, bad Landbruks- og matdepartementet i 2012 Statsbygg om å greie ut korleis det offentlege som utbyggjar kunne bidra til å auke bruken av tre som byggjemateriale. Statsbygg leverte utgreiinga i april 2013, og departementet ser no på korleis ein skal følgje opp utgreiinga.
Løyvinga over denne posten blei også brukt til profilering av trearkitektur på den internasjonale landbruksmessa Grüne Woche i Berlin i januar 2012. Arkitektane har vore ein viktig samarbeidspartnar for å fremje tre som materiale, mellom anna gjennom utdanningsinstitusjonar som Arkitekthøgskulen i Oslo og nærings- og fagorganisasjonar som Norske Arkitekters Landsforbund og Arkitektbedriftene. Det er mellom anna samarbeidd om publikasjonar, seminar og internasjonal profilering av norsk, moderne trebruk.
Andre skog-, klima- og energitiltak
Det blei gjeve ei ekstraløyving på 4,5 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk for å styrkje planteforedlinga generelt, for å styrkje kapasiteten for gjennomføring av praktiske oppgåver i skogplanteforedlinga og for å sjå på moglegheiter for ei modernisering av frøforsyninga. Av desse midlane gjekk 1 mill. kroner til langsiktige foredlingsoppgåver i samarbeid med Norsk institutt for skog og landskap.
Ordninga for tilskott til uttak av skogsråstoff til bioenergi fekk i 2012 ei løyving på 29 mill. kroner. Heile løyvinga blei brukt opp tidleg på året. Med bakgrunn i dette, blei det gjeve ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner. Det blei totalt utbetalt om lag 35 mill. kroner til energiflistilskott. Rundt 80 pst. av tilskotta har gått til uttak av virke frå kulturlandskap, vegkantrydding og lauvskoghogst. Det blei drive ut virke tilsvarande om lag 880 000 lauskubikkmeter. Volumet av flis som er produsert som følgje av tilskotta, svarer til behovet for varme til vel 70 000 husstandar og kan erstatte 74 mill. liter fyringsolje. Dette gjev ein potensiell reduksjon av utslepp på 197 000 tonn CO2.
Om lag to tredelar av flisa går til den norske varmemarknaden, og delen har auka dei siste åra. Sikre leveransar av råstoff gjer at norske aktørar svarar med å byggje ut nye biovarmeanlegg. Denne utviklinga er også viktig for å kunne byggje opp kompetanse og erfaring med effektiv handtering av råstoffet og å sikre investeringar i ny infrastruktur og anna driftsutstyr. Etablering av fleire anlegg inneber også at ein går rett veg når det gjeld målet om å skape balanserte verdikjeder og velfungerande marknader for bioenergi. Det er sett i verk aktivitet i nesten alle fylke, men hovudkonsentrasjonen har vore i dei sentrale skogstrøka på austlandet, i Nord-Trøndelag og i Troms.
Det blei løyvd 7 mill. kroner til andre bioenergitiltak i 2012. Desse midlane gjekk til Innovasjon Noreg for å styrkje aktivitetane under Bioenergiprogrammet. Investeringsstøtte til flisproduksjonsutstyr og støtte til lagertak for flis var her prioriterte område. Programmet hadde overførte midlar frå 2011, og det blei totalt utbetalt om lag 8,5 mill. kroner til slik investeringsstøtte.
Budsjettframlegg 2014
Frå posten vil det bli gjeve tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket og til tiltak som kan bidra til å redusere transportkostnadene i skogsektoren.
Det blir i 2013 sett i gang eit arbeid for å utarbeide ein strategi for auka konkurranseevne i skogsektoren – Skog22. Den skal mellom anna ta for seg forsking og utvikling, jf. nærare omtale under kat. 15.30. Strategien skal bidra til å realisere potensialet for verdiskaping i skogsektoren og bidra til utvikling av ein meir bærekraftig økonomi. Norske skogressursar har gjennom fleire hundre år lagt grunnlag for industri og verdiskaping basert på fornybart bioråstoff. Gjennom ny teknologi er det i prinsippet mogleg å produsere mykje av det vi i dag produserer frå olje, frå trevirke.
SLF har frå 2012 gjeve tilskott til utbygging av tømmerkaier. Det er ein overordna målsetjing å flytte ein større del av godstransporten frå veg til bane og båt. Kystfylka har betydelege skogressursar og er den regionen med størst potensial for auka hogst. Mange kystfylke har krevjande og dyr tømmertransport som følgje av bratt og utilgjengeleg terreng, lite samanhengande vegnett med låg standard og lang avstand til industri.
Etterspørselen etter virke frå kystfylka er stor og auker. Samstundes har endringar i avsetnadsmoglegheitane og marknadene for tømmer og treprodukt dei siste par åra gjort tilgangen til kai og sjøtransport viktig også i etablerte skogområde på Sør- og Austlandet.
Det er usikkert kor tømmerkjøparane vil være lokalisert i framtida. Dette gjer at det viktig å ha ein fleksibel transportstruktur for å vere leveransedyktig til ein størst mogleg marknad. På denne bakgrunnen er utbygging av ein tenleg kaistruktur langs kysten eit avgjerande grep for å sikre både kostnadseffektive leveransar av trevirke til foredlingsindustri i Noreg og produktflyt til marknader nasjonalt og internasjonalt. Dette vil gje positive sysselsetjings- og verdiskapingseffektar.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på denne posten på 23,866 mill. kroner for 2014.
Post 72 Tilskott til auka bruk av tre
Formål med løyvinga
Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken og St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen held fram auka bruk av tre som eit politisk mål. Dette er grunna god tilgang på ressursar, verdien for lokal, regional og nasjonal næringsverksemd og at det er eitt av fleire tiltak som kan redusere den samla klimabelastninga. Målet om auka bruk av tre blir understøtta i Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk og Meld. St. 28 (2011–2012) Gode bygg for eit betre samfunn.
Om tre i aukande grad skal brukast i byar og tettstadar, er det behov for auka produktutvikling som gjer det rasjonelt og sikkert å byggje trehus i fleire etasjar. Slik bruk av tre krev utvikling av nye industrielle løysingar. Det er også grunn til å peike på at det framover er eit stort behov for nye landbruksbygg. Det er eit stort potensial for bruk av tre i slike bygg. Utvikling av konkurransedyktige løysingar på dette området kan gje auka verdiskaping og miljø- og energigevinstar. Også innan samferdsel og næringsbygg er det eit stort potensial for å auke bruken av tre.
Endringar og strengare krav i forskrifter knytt til tekniske løysingar og energikrav, gjer at det er eit stort behov for utvikling og tilpassing av treløysingar til desse endringane.
Budsjettframlegg 2014
Hovudmålsetjingane for programmet er auka bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda. For å nå måla er det behov for å finne og utvikle talent som kan utnytte moglegheiter og, gjennom dette, bidra til innovasjon. Ein føresetnad for god måloppnåing er at nye koplingar mellom produkt og marknad blir tekne i bruk. I strategiane som ligg til grunn for arbeidet, er det lagt vekt på å stimulere til kompetanseutvikling, stimulere til leverandør- og produktutvikling, utvikle pionerprosjekt, initiere og bidra til rasjonell logistikk, arbeide for auka kvinnemedverknad og arbeide for sterkare medverknad og engasjement i verkemiddelapparatet for innovasjon i skog- og trenæringa.
Trebasert innovasjonsprogram har sidan etableringa i 2006 bygd opp under næringspolitiske, miljøpolitiske og distriktspolitiske målsetjingar, og er eit viktig element i departementet sin heilskaplege strategi for næringsutvikling knytt til landbruket. Marknadsføring av miljøeigenskapane til trevirke er ein viktig del av innhaldet i programmet.
Landbruks- og matdepartementet ser det som viktig at programmet bidreg til å styrkje kompetansen når det gjeld bruk av tre i relevant høgare utdanning, og legg til rette for samhandling mellom utdanningsinstitusjonane og næringa.
Innovasjon Noreg fremja i 2013 ein ny strategi for Trebasert Innovasjonsprogram. Strategien fører vidare ein stor del av det eksisterande arbeidet, men programmet skal framover fokusere enda meir på situasjonen og utviklingsbehova i byggsektoren og bidra til at entreprenørar, byggherrar, og andre som legg premissar for val av material i nye bygg har kunnskap om tre som bygningsmateriale. Fokuset skal også vere tydeleg på bedriftsretta tiltak og prosjekt som utviklar treet sitt bruksområde, til dømes i urbane byggeri.
I Meld. St. 9 (2011–2012) blei det føreslått å etablere ein pris for framifrå og nyskapande bruk av tre. Trebasert Innovasjonsprogram fekk oppdraget med å administrere denne prisen. Prisen blir delt ut første gong våren 2014, og skal honorere prosjekt og miljø som med verksemda si bidreg til å auke merksemda om bruk av tre som eit moderne, miljøvennleg byggjemateriale.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 28,980 mill. kroner for 2014.
Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak
Formål med løyvinga
Posten omfattar tiltak som bidreg til å styrkje skogen si rolle i klimasamanheng. Desse tiltaka vil også bidra til verdiskaping i skogbruket.
I St.meld. nr. 39 (2008–2009) og i Meld. St. 21 (2011–2012), er skogen si rolle i klimasamanheng grundig drøfta. Skogen har eit årleg opptak av CO2 som svarar til om lag halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar. I Meld. St. 21 (2011–2012) legg regjeringa opp til å føre ein aktiv berekraftig skogpolitikk gjennom tiltak som skal bidra til å auke karbonlageret i skogen. Samstundes skal skogressursane bli nytta til å produsere meir fornybar energi og byggjematerial av tre for å redusere utsleppa av klimagassar. Skogtiltak er blant dei mest kostnadseffektive klimatiltaka, og har samstundes ein positiv næringsmessig effekt.
Budsjettframlegg 2014
Regjeringa vil leggje til rette for å auke det produktive skogarealet ved å minske avskoginga og auke skogareala ved tilplanting. Planteforedling, auka plantetettleik og målretta gjødsling av skog er rådgjerder som vil bidra til auka karbonopptak i skog. For tilplanting og skoggjødsling skal det først utviklast miljøkriterium og for tilplanting skal det også lagast strategiar når miljøkriteria er ferdig utvikla. Skogplanteforedling og auka bruk av foredla frø vil ha direkte innverknad på framtidig opptak av CO2 i norske skogar. Det norske Skogfrøverk skal sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Frøforsyning i tilstrekkeleg mengde og av god nok kvalitet er viktig for oppbygginga av ny skog i Noreg. Skogfrøverket har førebudd arbeidet med nødvendig fornying av skogfrøplantasjar etablert på 1960/70-talet gjennom etablering av andre generasjon frøplantasjar basert på det beste materialet frå plantasjane. Fornying av skogfrøplantasjar dei neste 10 åra er avgjerande for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Departementet vil difor vidareføre arbeidet med langsiktig skogplanteforedling.
I Meld. St. 9 (2011–2012) går det fram at regjeringa vil betre insentiva til uttak av råstoff frå skogen til bioenergi, med vekt på skogsavfall. Løyvinga til skogsflisordninga har dei fire siste åra lege på om lag 30 mill. kroner. Ordninga gjev gode resultat, og departementet føreslår å vidareføre ordninga i 2014.
Løyvinga til investeringsstøtte til flisproduksjonsutstyr som Innovasjon Noreg forvaltar, må sjåast i samanheng med energiflisordninga. Ein auke i flisproduksjonen krev meir flisproduksjonsutstyr. Den siste tida har Innovasjon Noreg prioritert lagertak for flis, og slike investeringar er viktige for å sikre god kvalitet på brenselet.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 43,470 mill. kroner til skog-, klima- og energitiltak. Løyvinga må sjåast i samanheng med løyvinga til skogbruk og bioenergi under Landbrukets Utviklingsfond (LUF) i kap. 1150, post 50, og løyving av forvaltningsmidlar til Det norske Skogfrøverk jf. kap. 1139, post 71.
Post 74 Tiltak for industriell bruk av trevirke
Formål med løyvinga
Regjeringa gjer fremlegg om ein ny post 74 for tiltak for industriell bruk av trevirke. Det er behov for å sjå skog- og trenæringa som ein heilskap, og departementet ser nytta av å setje i verk tiltak retta mot treforedlingsindustrien for å legge til rette for auka aktivitet i skogbruket i tråd med måla for skogpolitikken.
Gjennom avansert teknologi kan mykje av det som i dag blir produsert av olje, også lagast av fornybar biomasse, til dømes trevirke og biprodukt frå skogdrift, landbruk og akvakultur. Departementet ser eit særleg stort potensial i alternativ bruk av trevirke med sikte på utvikling av nye produkt og produksjonsmetodar. Ved å leggje til rette for ny næringsverksemd basert på lønsam vidareforedling av skogressursane, vil verdien av tømmeret kunne mangedoblast.
Det er oppretta eit program i Innovasjon Noreg for industriell bioraffinering. Programmet har som mål at fleire norske bedrifter skal ta marknadsposisjonar innan prosessering av fornybare bioråvarer til ingrediensar, materialar og kjemikaliar.
Budsjettframlegg 2014
Bioraffineringsprogrammet vil bli avgjerande for å lette kommersialiseringa og gje større økonomisk utbytte av dei investeringane som er gjort i forsking i seinare år. Programmet skal gje tilskott til å utvikle teknologi, demonstrasjonsanlegg, produkt, nettverk og marknadskunnskap og kunne tilby risikoavlastning.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 5 mill. kroner for 2014.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 2 500 | 2 500 | |
50 | Fondsavsetningar | 1 159 353 | 1 433 653 | 1 190 653 |
70 | Marknadsregulering, kan overførast | 174 724 | 209 400 | 290 800 |
71 | Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving | 91 254 | 40 000 | 72 000 |
73 | Pristilskott, overslagsløyving | 2 093 491 | 2 338 900 | 2 539 550 |
74 | Direkte tilskott, kan overførast | 8 256 751 | 8 341 500 | 8 442 400 |
77 | Utviklingstiltak, kan overførast | 221 369 | 235 590 | 275 790 |
78 | Velferdsordningar, kan overførast | 1 562 848 | 1 608 854 | 1 601 754 |
Sum kap. 1150 | 13 559 790 | 14 210 397 | 14 415 447 |
Formål med løyvingane
Kap. 1150 og kap. 4150 om Jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har forhandlingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar for produksjon og omsetnad innanfor jordbruket. Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinene i landbrukspolitikken.
For mange av postane er det underpostar der løyvinga er styrt av satsar per eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Difor ser departementet det som naturleg at eit auka behov for midlar på ein underpost kan dekkjast inn med unytta midlar på ein annan underpost under løyvinga på same posten.
I Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken som blei lagt fram for Stortinget den 2.12.2011, utforma departementet ein revidert målstruktur. Stortinget handsama meldinga i Innst. 234 S (2011–2012), og slutta seg til regjeringa sine forslag til hovudmål. For ei nærare omtale av måla i jordbrukspolitikken for kommande budsjettperiode, sjå også innleiinga, omtalen under kat. 15.30 i denne proposisjonen, samt kap. 7 i Prop. 164 S (2012–2013) Jordbruksoppgjøret 2013.
Klima, topografi, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur og norsk pris- og kostnadsnivå generelt, gjer at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Difor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønnsam produksjon både på små og større bruk over heile landet og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane verkar mot fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil også kunne påverke andre mål. Dette gjer at resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gjev nokon fullgod informasjon.
Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein difor ikkje vurdere hovudmåla post for post på budsjettkapitlet. Difor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert spesifikk resultatrapportering på enkelte ordningar. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gje rammevilkår som gjev ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Det er behov for tilpassingar når det gjeld normal prosedyre for tilskottforvaltning. I omtalen under dette kapitlet gjer departementet årleg greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike ordningar, samt bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane.
Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott
Tilskott til produsert volum, til marknadsregulering og til frakt blir dekte over fleire ordningar under kap. 1150 postane 70 og 73, i nokon grad også under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetnadsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetnadsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.
Tilskott som blir utbetalte via eit omsetnadsledd avvik også frå normalprosedyren ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetnadsleddet. Omsetnadsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir difor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gjeve mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetnadsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Samla sett verkar dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.
Direkte tilskott og velferdsordningar
Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150 postane 74 og 78. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane består i hovudsak av refusjon av utgifter til avløysing. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt, sjå ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar, vil resultatrapporteringa også i hovudsak finne stad i rapporteringa i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane.
Kollektive overføringar
På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Statens landbruksforvaltning (SLF) og direkte til ein felles mottakar framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Den auka godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetnadsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein med mellomrom vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gjev eit rett uttrykk for reelle utgifter.
Forvaltning
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til SLF. Størsteparten av dei administrative kostnadane til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kapittel 1143, og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og regionaldepartementet. Frå 2013 blei det etablert ei særskilt løyving på kap. 1150, post 01 som skal dekkje kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper og evalueringar. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, kan det likevel fortsett vere aktuelt å trekkje nokre uviklings- og utgreiingskostnader på enkelte av tilskottsordningane.
På nokre område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Noreg. Kommunane har også sentrale oppgåver i tilskottsforvaltninga, og omsetnadsledda har som nemnd ovanfor ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I samband med ikkje-statleg tilskottsforvaltning har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, skal tildele tilskottsmidlar, mens SLF er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengane er det departementet si vurdering at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.
SLF stiller krav om at Fylkesmannen kvart år skal utarbeide ein risikobasert kontrollplan og gjennomføre forvaltningskontroll av kommunar, samt utføre føretakskontroll.
Rapportering 2012
Dei fire overordna måla for norsk landbruks- og matpolitikk er matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Ved sidan av å produsere varer og tenester for ein marknad, er norsk landbruks- og matsektor leverandør av ei rekke fellesgode, dvs. gode som ikkje kan omsettast i ein marknad. Dei fire hovudmåla blir nådd gjennom at landbruket produserer ein kombinasjon av fellesgode, og andre varer og tenester.
Mål vil i stor grad verke inn på kvarandre gjennom å vere samanfallande og forsterke kvarandre, eller vere motstridande på kort eller lang sikt. For å oppnå dei overordna måla for politikken er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar, dvs. at dei verkar inn på fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil også kunne påverke andre mål. Dette gjer at tradisjonell resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gjev fullgod informasjon.
Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein difor ikkje vurdere hovudmåla post for post på budsjettkapittelet. Difor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert spesifikk resultatrapportering på dei enkelte ordningane. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gje rammevilkår som gjev ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.
I tilknyting til måla for landbrukspolitikken, som omtalt mellom anna i innleiinga, finst det verkemiddel for å nå fleire av desse, både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette omfattar mellom anna økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, samt verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er ein grunnleggjande føresetnad også for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst også fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan bli målt på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar for utviklingstrekka i næringa samla sett. For denne resultatrapporteringa, sjå del III.
For nokre av ordningane, som mellom anna for post 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF), er det laga ein eigen resultatrapport i postomtalen.
Jordbruksoppgjeret 2013
Jordbruksavtalen 2013–2014 er basert på dei prinsippa som er trekte opp i Stortinget si handsaming av Meld. St. 9 (2011–2012), jf. Innst. 234 S (2011–2012), Stortinget si handsaming av Prop. 164 S (2012–2013) og regjeringa si Soria Moria-erklæring.
Jordbruksavtalen 2013–2014 som blei inngått mellom staten og jordbruket den 15.mai 2013, omfattar målprisane for perioden 1.7.2013 til 30.6.2014 samt tilskott som blir utbetalte i 2014. Det blei i samsvar med framlegg i proposisjonen om jordbruksoppgjeret gjort omdisponeringar av tidlegare løyvde midlar i 2013. Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er eigna til å fremje fastlagte mål for jordbruket, og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Resultat av jordbruksoppgjeret i 2013 og forslaga til endringar i jordbruksavtalen for 2013–2014 blei lagt fram for Stortinget i Prop. 164 S (2012–2013), og handsama i Stortinget den 19.6.2013, jf. Innst. 508 S (2012–2013). I denne handsaminga gjorde Stortinget også eit vedtak som ga Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å sette i verk tiltak som er knytte til løyvingar i 2014.
Budsjettframlegg 2014
Budsjettframlegget for 2014 inneber at løyvinga på kap. 1150 blir auka med om lag 205 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2013, frå om lag 14,210 mrd. kroner til om lag 14,415 mrd. kroner. Postane 50, 70, 74, 77 og 78 kan også nyttast til utgifter knytt til utvikling og utgreiing under kap. 1143 post 01.
Auken i 2014 er sett saman av følgjande forhold:
500 mill. kroner auke som følgje av auka tilskott etter jordbruksoppgjeret
275 mill. kroner reduksjon som konsekvensjustering av løyvinga til LUF post 50 i 2013 for å styrkje eigenkapitalen til fondet
30,0 mill. kroner i auke som følgje av volumjustering på post 71
48,3 mill. kroner i reduksjon som følgje av volumjustering på post 73
1,6 mill. kroner i reduksjon som følgje av flytting til andre kapittel
Post 01 Driftskostnader
Formål med løyvinga
Posten var ny frå 2013. Formålet med ordninga er å kunne ha finansiering av kostnader knytt til evalueringar og arbeidsgrupper sett ned av avtalepartane der kostnadene ikkje er direkte relatert til konkrete tilskottsordningar.
Budsjettframlegg 2013
I jordbruksoppgjeret blei partane i år einige om å sette ned fleire arbeidsgrupper og utgreiingar.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner i 2014.
Post 50 Fondsavsetningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
50.11 | Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF) | 1 159 353 | 1 433 653 | 1 190 653 |
Sum post 50 | 1 159 353 | 1 433 653 | 1 190 653 |
Formål med løyvinga
I tråd med Landbrukets Utviklingsfond (LUF) sine vedtekter kan fondsmidla nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og å byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytt til næringsutviklings- og miljøtiltak, irekna tilskottsordningar, tidsavgrensa program, samt utviklingsmidlar. Utgifter til administrasjon av LUF blir dekte over fondet. Strategien til Landbruks- og matdepartementet Ta landet i bruk! frå 2007, har vore førande for arbeidet med landbruksbasert næringsutvikling også i 2012. Alle fylke har også utvikla eigne strategiar for arbeidet med næringsutvikling i tilknyting til landbruket.
Rapportering 2012
Landbrukets Utviklingsfond finansierer ei rekke verkemiddel som skal bidra til næringsutvikling i landbruket. Midlane er viktige for å nå målsetjinga om å oppretthalde eit levande landbruk over heile landet.
Meld. St. 9 har særskilt merksemd om behovet for investeringar i landbruket og for eit løft for bygdenæringar. Etterspørselen etter investeringsverkemiddel i landbruket er framleis stor i forhold til den disponible ramma, og det er difor nødvendig å gjere prioriteringar. Mange av søknadane gjeld midlar til oppgradering av eksisterande driftsapparat for å imøtekomme nye krav til driftsbygningar, miljøomsyn og dyrevelferd, eller for å effektivisere drifta. Det er også stor interesse for midlar til utvikling av bygdenæringar. Departementet viser til Prop. 164 S for ei grundigare omtale av dei enkelte ordningane.
Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar)
Formålet med BU-midlane er å leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping samt desentralisert busetjing, med utgangspunkt i landbrukets ressursar generelt og landbrukseigedommen spesielt. Dei fylkesvise BU-midlane har eit todelt føremål. Dei skal bidra både til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedommen, og til utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket.
Forvaltningsansvaret ligg på regionalt nivå og er delt mellom Innovasjon Noreg og Fylkesmannen. Innovasjon Noreg forvaltar dei bedriftsretta midlane og Fylkesmannen som forvaltar midlane til utviklings- og tilretteleggingstiltak. Midlane blir forvalta i samsvar med forskrift om midlar til bygdeutvikling. Regionale strategiar ligg til grunn for prioriteringa av midlane.
I 2012 var løyvingsramma til saman 473 mill. kroner i BU-midlar fråtrukke rentestøtte og administrasjonskostnader til fylka. Tabell 2.8 gjev ei oversikt over dei fylkesvise BU-midlane i 2012. Ordninga med lokal forvaltning av BU-midlar i Valdres og Nord-Gudbrandsdalen er finansiert innanfor den ordinære ramma for fylkesvise BU-midlar. I 2012 tildelte Innovasjon Noreg støtte til 1 348 søknader, som omfatta 1 399 bedriftsretta tiltak og 1 990 tilsegn. Avslagsprosenten hos Innovasjon Noreg i 2012 for landet totalt var på 8 pst. og utgjer 111 søknader. Det blir gjort ei vesentleg siling av prosjekt på kommunenivå for å utnytte dei avgrensa rammene best mogleg. For ei meir detaljert rapportering av dei fylkesvise BU-midlane for 2012, sjå Prop. 164 S (2012–2013).
Tabell 2.8 Fylkesvise BU-midlar (ekskl. adm. kostnader og rentestøtte),mill. kroner
Løyvingsramme 2012 | Tildelt 2012 | Budsjett 2013 | |
---|---|---|---|
Innovasjon Noreg: Bedriftsretta tiltak | 399,4 | 430,1 | 457,5 |
Lokal forvaltning: BU-midlar1 | 15,6 | 16,5 | 16,5 |
Fylkesmannen: Utviklings-/tilretteleggingstiltak | 58,0 | 64,5 | 58,0 |
Sum | 473,0 | 511,1 | 532,0 |
1 Ordninga gjeld regionråda i Valdres og Nord-Gudbrandsdalen. Midlane gjeld både bedriftsretta tiltak og utviklings- og tilretteleggingstiltak.
Rentestøtte
Ordninga med rentestøtte er ein del av BU-ordninga og blir regulert av forskrift om midlar til bygdeutvikling. Støtta blir tildelt i forkant av investeringa og utbetalt kvart halvår i 15 år frå investeringa er ferdigstilt. Det kan bli gjeve rentestøtte til lån innanfor ei låneramme på totalt 1 mrd. kroner. Det blei i 2012 gjeve rentestøtte til ei låneramme på i alt 1 129,4 mill. kroner (inkludert overføring av ramme frå tidlegare år).
Risikolån
Det blei opna for å setje av midlar til eit taps- og rentestøttefond innanfor ramma av dei fylkesvise BU-midlane frå og med 2006. Avsetjinga i 2012 var på 5,5 mill. kroner.
Fylkesvise BU-midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak
Dei fylkesvise BU-midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak har ein viktig mobiliserande effekt for den landbruksbaserte verdiskapinga regionalt. Midlane blir forvalta av Fylkesmannen.
Fylkesmannen har i 2012 tildelt BU-midlar til 574 utgreiings- og tilretteleggingstiltak. Utgreiings- og tilretteleggingstiltak gjeld mange ulike tiltak, som næringsutviklings- og mobiliseringsprosjekt, reiseliv og opplevingsproduksjon, rekrutteringstiltak, tiltak for auka matproduksjon, Inn på tunet, økologisk landbruk, skogbruk, bioenergi, praktikantordninga m.v. Ein stor del av midlane går til utviklingsprosjekt innanfor det tradisjonelle landbruket. Midlane inngår ofte som ein del av landbruket sitt bidrag til regionale utviklingsprosjekt initiert av andre regionale utviklingsaktørar. Ei kartlegging av midlane frå 2010 gjort av Landbruks- og matdepartementet viser at midlane i stor grad blir brukte i partnarskap og finansiert saman med andre lokale og regionale aktørar, og at dei har ein utløysande effekt på andre regionale utviklingsmidlar som kjem landbruket til gode.
Sentrale bygdeutviklingsmidlar
Dei sentrale BU-midlane skal gå til prosjekt av landsomfattande og fylkesovergripande karakter. Ramma for dei sentrale BU-midlane var i 2012 på 12 mill. kroner. Av midlane blei 3 mill. kroner forvalta av Innovasjon Noreg, mens 9 mill. kroner blei disponerte av Landbruks- og matdepartementet. Midlane forvalta av Innovasjon Noreg blei løyvde til tiltak for kompetanseutvikling i landbruket, utgreiingsprosjekt og tiltak knytt til omdømmebygging.
Av midlane Landbruks- og matdepartementet disponerte, blei det m.a. løyvd støtte til matpolitiske prosjekt, kompetanse- og rekrutteringsprosjekt, skogpolitiske prosjekt, prosjekt knytt til næringsutvikling og midlar til omdømmetiltak.
Områderetta innsats
I 2012 blei det sett av 3 mill. kroner over jordbruksavtalen til ei satsing på arktisk landbruk. Satsinga skal støtte opp under prosessar som allereie er sett i verk regionalt, og bidra til utvikling og betre utnytting av arktisk kvalitet som eit konkurransefortrinn for landbruket i nordområda. Midlane er fordelt til dei tre nordlegaste fylka ved fylkesmannsembeta, og er organisert som ei felles programsatsing. Det er etablert eit samarbeid med fylkeskommunane, Sametinget og næringsorganisasjonane om satsinga.
Stiftinga Matmerk
Stiftinga Matmerk har som mål å styrkje konkurranseevna til norsk matproduksjon og å skape preferanse for norskprodusert mat. Det skjer gjennom arbeid med kvalitetsstyring, kompetanse og synleggjering av norske konkurransefortrinn og opphav overfor matprodusentar, handel og forbrukarar. Stiftinga har til oppgåve å administrere og vidareutvikle Kvalitetssystem i landbruket (KSL), godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet, merkeordningane Nyt Norge, Beskytta nemningar og Spesialitet, Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL), samt generisk marknadsføring av økologisk mat. Stiftinga har også ei viktig oppgåve gjennom å bidra til profilering og marknadstilgang for norske matspesialitetar.
Departementet tildelte, i tråd med omtale i Prop. 1 S (2011–2012) for Landbruks- og matdepartementet, 48,5 mill. kroner til Matmerk i 2012. I 2012 blei det gjennomført om lag 4 500 eksterne KSL-revisjonar. Bondeweben blei lansert, noko som bidreg til å synleggjere eigenrevisjon. KSL-standarden er også revidert.
Totalt har 23 norske produkt fått godkjenning for Beskytta nemningar. I 2012 blei seks nye produktnemningar beskytta gjennom denne ordninga, av desse var to italienske og fire norske. Ved utgangen av 2012 var totalt 210 produkt godkjende for bruk av merket Spesialitet. 15 nye produkt og ei verksemd blei godkjende i 2012. For merkeordninga Nyt Norge var det ved utgangen av 2012 1 700 godkjende produkt frå i alt 38 godkjende verksemder.
I 2012 blei det innvilga 14 søknader om støtte over KIL-midlane. Til saman blei det løyvd støtte på om lag 4,8 mill. kroner.
Rekruttering, likestilling, utdanning og kompetanse
Landbruks- og matdepartementet har i Strategi for likestilling i landbrukssektoren frå 2007 sett mål om 40 pst. kvinneleg representasjon når det gjeld eigardel, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren. Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner frå 2008, er ei felles satsing frå sju departement, m.a. Landbruks- og matdepartementet.
I 2012 var delen av kvinner på 52 pst. for bygdeutviklingsmidla og heile 84 pst. for etablerarstipenda. Landbruks- og matdepartementet viser elles til særskilt omtale av likestilling i landbrukssektoren i del IV.
Som ein del av satsinga for å rekruttere ungdom inn i næringa, blei det sett av 4,5 mill kroner til eit treårig nasjonalt prosjekt Velg landbruk i jordbruksavtalen 2010. Prosjektet blir avslutta i 2014. Prosjektet skal arbeide for å styrkje rekruttering til landbruksutdanning på alle nivå. Prosjektansvar og -sekretariat er lagt til Noregs Bondelag.
Matindustriens kompetanseprosjekt FEED er eit samarbeid mellom NHO Mat og Landbruk, NHO Mat og Drikke, og Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeidarforbund (NNN) for å styrkje kompetanse- og rekrutteringsgrunnlaget til matindustrien gjennom kompetanseutvikling og profilering. Prosjektet har etablert eit samarbeid med 13 større referansebedrifter frå matindustrien. Landbruks- og matdepartementet har støtta prosjektet med 4,5 mill. kroner over ein treårsperiode frå sentrale BU-midlar. 2012 var det siste året med løyving til prosjektet, som blir avslutta i 2013. Prosjektet har gjennomført ei kartlegging av kompetansen i matindustrien og har funne at den største utfordringa er underdekning av fagarbeidarar. Industriell produksjonskompetanse er faget med størst rekrutteringsutfordringar i tillegg til kjøttfaga. Matindustrien har behov for å byggje betre omdømme blant unge. Det er difor gjennomført og prøva ut ulike rekrutteringskampanjar på ungdomskolar i nært samarbeid med lokale bedrifter. Det er også utvikla kampanjar på sosiale medium og nettsida www.jobbimatbransjen.no.
Prosjektet Grønn Utdanning og kåring av Årets Unge Bonde har fått støtte over jordbruksavtalen. Prosjektet fokuserer på høgare utdanning i grøne fag og på å byggje eit godt omdømme rundt yrke i landbrukssektoren. Gjennomføringa av prosjektet blir leia av Noregs Bygdeungdomslag.
Landbruks- og matministeren sitt ungdomsråd starta arbeidet sitt i 2012, og legg fram rapporten sin i 2013. Ungdomsrådet skal gje råd om kva ungdom i landbruket legg vekt på i sitt yrkesval, og jobbar etter mandat gjeve av landbruks- og matministeren.
Som ei oppfølging av Meld. St. 9. (2011–2012), har departementet starta arbeidet med ei evaluering av landbruks- og gartnarutdanninga på vidaregåande nivå og ei kartlegging av fagskoletilbod i landbruks- og matfag på fagskolenivå. Evalueringa er planlagt gjennomført i løpet av 2013.
Fylkesvise midlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket
Fylkeskommunane er tildelt 20 mill. kroner til arbeid med rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. Ordninga skal tilpassast regionale utfordringar på området innan både tradisjonelt landbruk og bygdenæringar. Fylkesvis fordeling av midlane er basert på den same fordelingsnøkkelen som dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane. Midlane er forvalta med bakgrunn i regionale strategiar for landbruksbasert næringsutvikling og andre strategi- og plandokument fylkeskommunane har på området. Enkelte fylke har utarbeidd eigne strategiar og handlingsplanar for bruken av midlane regionalt. I 2012 er tilskottsmidlane i hovudsak brukt til kompetansehevande kurs og tiltak av kortare varigheit. Det er også tildelt midlar til tiltak med formål om å auke rekrutteringa til næringa og til vidaregåande opplæring og vaksenopplæring innanfor landbruksfag. Det har vore fylkesovergripande samarbeid om fleire prosjekt. Tildeling av midlar er forankra politisk i fylka etter prosesser der nærings- og interesseorganisasjonar og Fylkesmannen har gjeve råd.
HMS i landbruket
Ulukker og skadar i landbruket medfører store personlege belastingar og påfører både næringa og samfunnet store kostnader. Arbeidsgrupperapporten Helse, miljø og sikkerhet i landbruket – organisering og arbeidsformer frå 2010 ligg til grunn for arbeidet med HMS i landbruket. Nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket blei oppretta i 2010 og møtest minst to gonger i året under leiing av Landbruks- og matministeren. Styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen har løyvd 5,6 mill. kroner over fire år (2011–2014) til forskingsprosjektet Sikkerhetskultur, arbeidshelse og ulykker i norsk landbruk – situasjonsbeskrivelse og framtidige utfordringer.
Landbrukets HMS-teneste tilbyr rådgjeving i form av kurs, krisebistand og tilleggstenester. Det blei løyvd 14 mill. kroner til Landbrukets HMS-teneste i 2012. Under jordbruksoppgjeret 2012 blei det i tillegg sett av 1 mill. kroner til ein toårig kampanje om HMS, Trygghet og helse i landbruket. Kampanjen starta i juni 2012, og det har blitt gjennomført fleire fagarrangement innan tema trygg bruk av traktor, sikrare handtering av store dyr, brann og brannsikring, reduksjon av støveksponering, reduksjon av fallfarar og tryggleik i skogen.
Lokalmatprogrammet
Lokalmatprogrammet skal auke verdiskapinga for primærleddet, auke kunnskapen om lokalmat og regionale konkurransefortrinn og bidra til auka vektlegging av kvalitet. Programmet består i hovudsak av ordningane mobilisering og bedriftsutvikling, kompetansetiltak og omdømmetiltak. Budsjettramma for programmet var på 75 mill. kroner i 2012.
Det blei søkt om 116 mill. kroner i støtte frå programmet i 2012. Det blei løyvd 75 mill. kroner til 165 prosjekter. Etterspørselen frå verksemdene er stor.
Kundeeffektundersøkinga til lokalmatprogrammet viser gjennomgåande gode resultat for programmet sine brukarar. Programmet har svært høg addisjonalitet, det vil seie at programmet har vore utløysande for at prosjekta har blitt realiserte. Eit stort fleirtal av dei spurde seier at tenesta som blir tilbydd har middels eller høg addisjonalitet. Effekten på samarbeid er spesielt god. Effekten på innovasjon og omsetnadsauke ligg godt over snittet for Innovasjon Noreg sine program.
Tilskottsordninga til omdømmemidlar er ein del av Lokalmatprogrammet. I 2012 blei det sett av totalt 18 mill. kroner til ulike omdømmetiltak. Av dette forvalta departementet 5 mill. kroner og Innovasjon Noreg 13 mill. kroner. Midlane blir nytta til å synleggjere og profilere norske råvarer og matkultur nasjonalt og internasjonalt med sikte på å styrkja omdømmet til norsk mat og landbruk. I tillegg stimulerer midlane til ny næringsutvikling på mat- og reiselivsområdet.
Matstreif på Rådhusplassen i Oslo og deltakinga på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin er dei to viktigaste omdømmeprosjekta i programmet. Gjennom Matstreif blir lokalmatprodusentar frå heile landet profilert. IGW er eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og Innovasjon Noreg, der også Nærings- og handelsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Samferdselsdepartementet og Utanriksdepartementet bidreg. Evalueringane av satsinga viser at den har god effekt både i form av noregsprofilering, utvikling av samarbeidsrelasjonar og bedriftsutvikling. I 2013 vil det bli gjennomført ei evaluering der langtidseffektane av satsinga skal vurderast.
Av midlane departementet forvalta i 2012 blei det utover dette gjeve støtte til Måltidets Hus/NCE Culinology i Stavanger, til delfinansiering av den landsomfattande konkurransen Det norske måltid, samt støtte til fleire mindre prosjekt. Frå 2013 er programmet slått saman med Utviklingsprogrammet for grønt reiseliv og Utviklingsprogrammet for innlandsfiske i det nye Utviklingsprogram for lokalmat og grønt reiseliv.
Inn på tunet
Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der. Det er i dag om lag 1 100 Inn på tunet-gardar.
Nasjonal strategi for Inn på tunet blei lagt fram 20. februar 2012 av Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Strategien skal følgjast opp med ein eigen handlingsplan for konkretisering av tiltak og satsingar.
Inn på tunet-løftet (2010–2012) var eit samarbeid mellom dei same departementa, der målet var auka forankring av tilboda i kommunesektoren og utvikling av gode tenester til innbyggjarane. 2012 var siste året med løyving over jordbruksavtalen, og totalramma var 18 mill. kroner. Midlane er fordelte som tilskott til 77 kommunar, fordelt på 53 prosjekt, over dei tre åra. Så langt er om lag 1/3 av prosjekta ferdigstilte, og alle fylka er representerte. Det er god spreiing blant målgruppene for prosjekta. Tiltak for integrering av flyktningar, arbeidstrening, rusomsorg, tilpassa opplæring i skolen, fråfall i vidaregåande skole og tilbod for eldre og demente er blant prosjekta.
Som ledd i Nordisk Ministerråd sitt sommarmøte i Trondheim i juni 2012, blei det arrangert ein nordisk forskingsverkstad om Inn på tunet og ein nordisk fagkonferanse om Inn på tunet for politikarar, embetsverk, forsking og forvaltning. Matmerk har frå 2012 mellom anna fått ansvar for arbeidet med forvaltning av godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet.
Utviklingsprogram for Grønt reiseliv
Utviklingsprogrammet for Grønt reiseliv skal bidra til å vidareutvikle det natur- og kulturbaserte reiselivet i tilknyting til landbruket. Innsatsområda til programmet er produktutvikling, kompetanse, marknadsføring og samarbeid. Programmet hadde ei disponibel ramme på 23,2 mill. kroner, inkludert overførte midlar, for 2012. 11,1 mill. kroner er tildelt marknadsføringstiltak og temaprosjekt innanfor vandring, sykkel og fiske, mens omlag 6,4 mill. kroner er tildelt 14 større utviklingsprosjekt på grunnlag av søknader frå ulike reiselivsaktørar. Marknadsføringstiltaka omfattar Bygdeturismekampanjen (5,7 mill. kroner) og Noregskampanjen (2 mill. kroner). Merksemda rundt programmet og etterspørsla etter midlar har auka som eit resultat av aktiv marknadsføring av programmet. Frå 2013 er programmet, saman med Lokalmatprogrammet og Utviklingsprogrammet for innlandsfiske, ein del av Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv.
Utviklingsprogrammet for innlandsfiske
Programmet blei gjennomført i perioden 2008–2012. Det er eit uutnytta potensial i innlandsfiske som tilleggsnæring i landbruket. Innlandsfisk er både ein matressurs (yrkesfiske og oppdrett) og ei kjelde til opplevingar (landbruksbasert turisme og reiseliv). Ramma for programmet var 4,5 mill. kroner i 2012, inkl. midlar til evaluering. For 2012 kom det inn over 40 søknadar, med eit samla søknadsbeløp på over 13 mill. kroner. Prosjekta det er gjeve støtte til omfattar mellom anna utvikling av internettbasert sal av fiskekort, utvikling av eit mangfald av fisketurismeprodukt, utviklingstiltak som skal leggje grunnlag for aktivt næringsfiske og kunnskapsutvikling knytt til oppdrett av røye. Frå 2013 inngår midlar til utvikling av innlandsfiske i det nye Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv.
Mat langs nasjonale turistvegar
Prosjektet Mat langs Nasjonale turistvegar er treårig og har ei totalramme på 6 mill. kroner. Målet er å auke landbruksbasert næringsutvikling innan mat, reiseliv og opplevingar langs 4 turistvegar i samarbeid med andre aktørar i verdikjedene for mat og reiseliv. For å sikre eigarskap og engasjement i dei aktuelle regionane har Fylkesmannen i Oppland frå 2010 hatt ansvaret for koordinering og økonomiforvaltning, og det er oppretta ei regional styringsgruppe for dette formålet. Prosjektet er forlenga til utgangen av 2013, og skal etter planen evaluerast på slutten av prosjektperioden. I 2012 har aktivitetane i prosjektet vore retta mot klyngesamlingar for næringsaktørane i området og synleggjering av prosjektet.
Skogbruk og bioenergi
I Meld. St. 9 (2011–2012) seier regjeringa at ho vil leggje til rette for å styrkje skogen sitt bidrag til verdiskaping i heile landet og til å nå viktige energi, klima og miljømål. I St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen understrekar regjeringa skogen si rolle i klimasamanheng. Målbevisst ressursoppbygging og forvaltning av skogressursane gjev grunnlag for å nå måla. Regjeringa skreiv i Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk at ho vil oppretthalde eller auke karbonlageret gjennom aktiv, berekraftig skogpolitikk, mellom anna gjennom styrkt innsats for skogplanteforedling, planting på nye areal, oppretting av klimaskogar, auka plantetettleik og målretta gjødsling av skog, samt på ny ta i bruk eit forbod mot hogst av ungskog. Skogressursane utgjer også ei viktig kjelde til fornybar energi og til produksjon av trematerialar som erstatning for meir klimabelastande materialar. Regjeringa vil leggje betre til rette for uttak av råstoff frå skogen til bioenergi, med særleg vekt på skogsavfall (GROT), slik at mellom anna tiltak med kort tilbakebetalingstid for CO2 blir prioriterte. Skogen si rolle som fornybar ressurs blir styrkt gjennom forsking, verdiskaping og langsiktig berekraftig forvaltning av skogen.
Førstehandsverdien av tømmeret som blei hogd og omsett låg i 2011 på 3,1 mrd. kroner. Den samla omsetnaden i skogindustrien var i 2011 på 41,9 mrd. kroner, og utgjorde 5,7 pst. av den totale omsetnaden i norsk industri. Skogsektoren bidreg dermed til betydeleg verdiskaping og ringverknader for samfunnet. Skogen si positive rolle i klimasamanheng vil også bidra til å styrkje grunnlaget for næringsutvikling og verdiskaping.
I 2012 blei det i Noreg sett ut 26 mill. skogplanter over eit areal på 150 000 dekar. Dette er ein auke på 13 pst. samanlikna med 2011. Den totale investeringa i skogplanting på landsnivå var i 2012 på 131 mill. kroner. Planteaktiviteten har vore låg dei seinaste åra. Frå 2010 har aktiviteten auka, og det er positivt at utviklinga held fram i riktig retning.
Ståande kubikkmasse er større enn nokon gong tidlegare i moderne tid. I Meld. St. 9 (2011–2012) har regjeringa sagt at det skal bli lagt til rette for auka hogst for å møte ein eventuell auka etterspørsel etter råstoff. I 2012 blei det hogd 8,9 mill. kubikkmeter tømmer. Skognæringa er direkte eller indirekte påverka av endringar i konjunktur og utvikling i internasjonal økonomi, og ulike delar av næringa påverkar kvarandre.
Skogbruket har over fleire tiår jobba aktivt for å løyse miljøutfordringar som kjem som følgje av skogsdrift. Miljøinnsatsen i skogbruket er utvikla dels innanfor næringa og dels i eit partnarskap mellom næring og styresmakter. Miljøregistreringar og vedvarande kunnskapsutvikling utgjer grunnlaget for mellom anna gode avvegingar mellom klimatiltak og omsynet til biologisk mangfald i skog.
Løyvinga til skogbrukstiltak og bioenergi over LUF i 2012 var på 244 mill. kroner jf. Tabell 2.9. Gjennom ordninga for tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK), blei det i 2012 gjeve totalt 141 mill. kroner i tilskott, fordelt på skogkultur, førstegangstynning, miljøtiltak i skog, vegbygging og drift med taubane og med hest. Tilskotta til vegbygging omfattar både nybygging og ombygging av skogsvegar, der tilskott til ombygging utgjer den største delen. Midlane til vegbygging og drift med taubane og med hest blir forvalta av Fylkesmannen, mens dei andre midlane blir forvalta av kommunane.
Tilskotta til miljøtiltak er mellom anna brukt til å støtte opp om skogbruket sitt frivillige miljøarbeid.
Tabell 2.9 Tilskott til skogbruk og bioenergi i perioden 2010–2012, mill. kroner
2010 | 2011 | 2012 | |
---|---|---|---|
Nærings- og miljøtiltak i skogbruket | 126 | 134 | 141 |
Vegbygging, taubane og hest | 66 | 66 | 66 |
Skogkultur, miljøtiltak og andre tiltak | 60 | 68 | 75 |
Kystskogbruket | 10 | 10 | 10 |
Skogplanlegging med miljøregistreringar | 33 | 29 | 29 |
Sentrale kompetansetiltak (Skogbrukets Kursinstitutt) | 10 | 11 | 12 |
Motivasjon og vegleiing | 2 | ||
Bioenergi | 39 | 451 | 50 |
Sum | 218 | 229 | 244 |
1 1 mill. kroner til administrasjon av Bioenergiprogrammet blei overført frå Nærings- og handelsdepartementets budsjett i 2011.
Skogbruk i kyststrøka har særskilte utfordringar knytt til mellom anna låg vegdekning, mykje vanskeleg terreng, eigedomsstruktur og mangel på utbygd industri. Det blir difor gjeve ei særskilt løyving til Kystskogbruket, som omfattar kystfylka frå Vest-Agder til Finnmark.
Desse fylka har betydelege skogressursar, mellom anna fordi område for skogreising i tidlegare tider no er i ferd med å bli hogstmodne, men tradisjonelt har hatt låg skogbruksaktivitet. Tilskottet til Kystskogbruket må sjåast på som eit mellombels tiltak for å leggje til rette for eit meir lønsamt skogbruk og auka verdiskaping lokalt og regionalt.
Satsinga på bioenergi gjennom bioenergiprogrammet bidreg til meir miljøvennlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar, samstundes som det gjev moglegheit for auka verdiskaping for skogeigarar. Aktiviteten under Bioenergiprogrammet var litt mindre i 2012 enn i 2011 på grunn av lågare disponibelt budsjett. I 2012 blei det gjeve tilsegn for 58 mill. kroner – av dei 7 mill. kroner frå statsbudsjettet stitt kapittel 1149, post 71. Til samanlikning var tilsegnsbeløpet om lag 79 mill. kroner i 2011. Den største delen prosjekt var, som tidlegare år, større gardsvarmeanlegg for leveranse av energi til næringsdrift. Det var likevel 30 pst. færre innvilga saker enn i 2011. Aktiviteten under dei andre målområda låg i 2012 på om lag same nivå som tidligare, med unnatak av varmesalsanlegg der talet på saker auka med 35 pst. Prosjekta har løyst ut ein energiproduksjon tilsvarande 30,3 GWh.
Det er i 2012 gjennomført ein effektundersøking på varmesalsanlegg som viser at prosjekta gjev positive driftsresultat og reduserte klimagassutslepp. Dette er i tråd med måla som er sette for programmet. Undersøkinga viser også at varmeproduksjonen frå anlegga er høgare enn planlagt (13,2 pst. høgare). Støttenivået ligg på 8 øre/kWh (til samanlikning er støttenivået under elsertifikatordninga for tida 18 øre/kWh). Etter at programmet blei etablert i 2003, er det gjeve 170 mill. kroner i støtte til varmesalsanlegg og det er berekna at dette gjev ein varmeproduksjon på 47,2 GWh.
Utviklingstiltak for geit – Friskare geiter
Målet med prosjektet Friskare geiter er å få kontroll med sjukdommane CAE (kronisk hjerne- og leddbetennelse), byllesjuke og paratuberkulose hos geit, og dermed sikre friske dyr, betre dyrevelferd og betre produkt. I Jordbruksavtalen 2010 blei det bestemt å vidareføre saneringsprosjektet i ein fase III og gjennomføring i heile geitepopulasjon. Sluttfasen av prosjektet har vore planlagt gjennomført i perioden 2011–2013, og målet har vore at alle geitebesetningar skal ha starta sanering innan utgangen av 2013.
Totalt 136 besetningar har gjennomført eller starta med sanering i 2012. Sidan 2001 har 588 besetningar melde seg på sanering, derav 421 med Norsk mjølkegeit, mens 167 har andre geiterasar. Til saman har 515 produsentar gjennomført, eller er i gang med, saneringa. Prosjektet har over tid blitt utvida. I tillegg til mjølkegeiter har ammegeiter og sau frå føretak med kombinert småfehald komme med i prosjektet. I 2012 blei det ikkje påvist tilbakefall av verken paratuberkulose, byllesjuke eller CAE i sanerte besetningar. I løpet av 2012 har alle geitemjølkleverandørane som skal levere mjølk etter 2013 anten sanert eller står i ferd med å sanere. Etter 2013 vil all foredla geitemjølk frå TINE komme frå sanerte besetningar. Helsetilstanden i sanerte besetningar er i hovudsak god.
Andre effektar av saneringa er betre dyrevelferd, betre smittevern, auka produktkvalitet, auka yting og haldbarheit hos geit, samt generell kompetanseheving hos brukarane. Besetningane blir følgde opp av prosjektet Friskare geiter med prøvetaking på mjølketank, enkeltprøvar og kliniske undersøkingar. I 2012 blei det utbetalt 9,5 mill. kroner i saneringstiltak til prosjektet Friskare geiter. Det blei også utbetalt 8,8 mill. kroner for bortfall av produksjonstilskott og avløysartilskott ved ferie og fritid til deltakarar i smittesaneringstiltaket. Det er i perioden 2001–2013 løyvd totalt om lag 131 mill. kroner til prosjektet Friskaregeiter, inkludert kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott.
Beiteprosjekt
Beiteprosjektet (2009–2012) hadde eit betre sauehald med mindre tap av dyr på beite som formål. Det blei totalt sett av 22 mill. kroner over jordbruksavtalen på bakgrunn av utfordringar med områdevis store tap på utmarksbeite både av kjente årsaker som rovvilt og sjukdom, og ukjente årsaker. Prosjektet blei avslutta med ein todagers beitekonferanse i mars 2013.
Beiteprosjektet har lagt vekt på utprøving av elektronisk overvakingsutstyr, arbeid med planlegging og organisering av beitebruken og prosjekt retta mot beiterelaterte sjukdommar. Styringsgruppa konkluderer mellom anna med at elektronisk utstyr er utvikla til ein reiskap som kan effektivisere beitebruken framover, at planlegging og oppdatering av organisering og samarbeid mellom dyreigarar har eit stort potensial for rasjonell drift, men samtidig er ressurskrevjande og vil ha behov for både økonomisk og juridisk hjelp og at tiltak mot beiterelaterte sjukdommar som mellom anna forårsaka av flått og forgifting (alveld) vil vere utfordringar framover. Gjennom beiteprosjektet blei det gjort viktige framsteg i forsking på alveld, og forsking på flått og flåttborne sjukdommar held fram med finansiering over jordbruksavtalen. Beiteprosjektet har også hatt miljøformål.
Fotråte – Prosjekt Friske føter
Målet med prosjektet var å motverke sjukdommen fotråte hos sau og geit i Noreg. Fotråte er ein alvorleg smittsam sjukdom som kan få store konsekvensar for dyrevelferd og produksjon.
Prosjektet starta i 2009 som ei nasjonal vidareføring av prosjektet Snu sauen. Ved utgangen av 2012 var alvorleg fotråte påvist i 102 besetningar i Rogaland, av dette 11 nye tilfelle i 2012. I 2011 og 2012 har det vore ein nedgang i talet på tilfelle, og prosjektet vurderer at utbrotet er under kontroll.
Forsking
Forskingsmidlane over jordbruksavtalen blir forvalta av eit eige styre som består av avtalepartane. Føremålet med midlane er å bidra til å dekkje opp avtalepartane sitt behov for forsking og utvikling (FoU) med hovudvekt på praktisk nytta kunnskap. Prosjektsøknaden sin faglege kvalitet og relevans for avtalepartane er avgjerande for bruken av midlane. Midlane blir i hovudsak disponerte til prosjekt etter open utlysing, enten som eiga utlysing eller som fellesutlysing med program i Noregs forskingsråd. Det kan også bli gjeve midlar til utgreiingsprosjekt innanfor dei prioriterte områda for midlane.
I 2012 var det sett av 48 mill. kroner til forsking over jordbruksavtalen. Tematiske prioriteringar for 2012 var 1) auka matproduksjon med norske ressursar, 2) mat, helse og forbrukar, 3) klimatilpassa, berekraftig landbruk og 4) råvarekvalitet og mattryggleik. Med overførte midlar frå tidlegare år blei det i 2012 løyvd om lag 50 mill. kroner. Mesteparten av midlane gjekk til ulike forskingsprosjekt, mens om lag 2,4 mill. kroner gjekk til utgreiingsprosjekt. Noreg og Sverige har inngått eit samarbeid om hesteforsking med ei samla ramme på 70 mill. kroner. Av dette bidreg forskingsmidlane over jordbruksavtalen med til saman 8 mill. kroner fordelt over perioden 2010–2013.
Overføring til Samisk utviklingsfond (SUF) og konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift
Avsetjinga over SUF på 2 mill. kroner blir disponert av Sametinget. Totalt tildelte Sametinget 2,4 mill. kroner til investeringar og utviklingstiltak i 2012.
Det blei også avsett 1,4 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift i 2012. Midlane er forvalta av Innovasjon Noreg, og det blei i 2012 løyvd 0,6 mill. kroner til syv prosjekt i Troms og Finnmark.
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal bidra til å ivareta natur- og kulturminneverdiane og til å redusere forureining frå jordbruket utover vanleg jordbruksdrift. Ordninga blir forvalta av kommunane, og var på 120 mill. kroner i 2012. Om lag 75 pst. av midlane går til tiltak for å fremje kulturlandskap og kulturmiljø, og nær 25 pst. til tiltak for å redusere forureining.
Organisert beitebruk
Organisering mellom dyreeigarar som bruker utmarksbeite fremjar ein effektiv bruk av beiteressursane. Det reduserer også kostnadene ved infrastruktur og tilsyn. Det blir gjeve investeringstilskott til mellom anna infrastruktur som gjerder, kveer, bruer og ferister. Støtte til elektronisk overvakingsutstyr aukar i omfang.
Støtte til verdsarvområda og til utvalde kulturlandskap
I marknadsføringa av Noreg som reisemål blir kulturlandskapet i verdsarvområda aktivt profilert. Landbruket si skjøtsel og ivaretaking av kulturlandskapet sitt bidreg til viktige verdiar i verdsarvområda Vegaøyan og Vestlandsk fjordlandskap (Geirangerfjorden/Nærøyfjorden). Det er eit mål å stimulere til drift og utvikling av områda slik at kulturlandskapet blir teke vare på for framtida. Avsetninga til skjøtsel i landbrukets kulturlandskap i verdsarvområda Vegaøyan og Vestlandsk fjordlandskap var i 2012 på 3 mill. kroner over jordbruksavtalen. Miljøverndepartementet bidrog i tillegg med 3 mill. kroner.
Det blei i 2012 sett av til saman 14 mill. kroner til skjøtsel i 22 utvalde kulturlandskap i jordbruket med omfattande kulturhistoriske og biologiske verdiar. Over jordbruksavtalen var det sett av 8 mill. kroner, mens Miljøverndepartementet har bidrege med 6 mill. kroner over budsjettet sitt. Departementa samarbeider tett med underliggjande etatar om satsinga. Det er inngått over 300 avtalar om skjøtsel og meir enn 400 grunneigarar/drivarar har fått tilskott frå satsinga. Midlane har verka saman med andre tilskott på landbruks- og miljøområdet. Ordninga blir evaluert i 2013, og resultata vil liggja føre til jordbruksoppgjeret 2014.
Spesialrådgjeving energi i veksthusnæringa
Det 3-årige prosjektet Spesialrådgjeving energi i veksthusnæringa disponerte 1 mill. kroner i 2012, som var siste prosjektår. I jordbruksoppgjeret 2012 blei det sett av 1 mill. kroner for 2013 til eit oppfølgingsprosjekt. Prosjektet Energieffektivisering og redusert klimagassutslipp i veksthusnæringa tek med seg erfaringane frå det første prosjektet, og satsar vidare på effektiv bruk av energi i veksthusnæringa.
Utviklingstiltak for økologisk landbruk
I 2012 blei det sett av 44 mill. kroner til utviklingstiltak for økologisk landbruk. Prosjekta skal bidra til å utvikle produksjon og forbruk i tråd med handlingsplanen. Midlane blei i 2012 prioriterte til prosjekt retta mot salsleddet i verdikjeda. Dessutan har midlane gått til handlingsplanar, økologiske føregangsfylke, utviklingsprosjekt innanfor rettleiing og til produktutvikling. Det blei hausten 2012 starta ei evaluering av satsinga på økologisk landbruk.
Tilbakeførte reguleringsmidlar
Tilbakebetalte reguleringsmidlar er i 2012 disponerte til ulike satsingsområde i samsvar med Tabell 2.10.
Tabell 2.10 Disponering av tilbakebetalte reguleringsmidlar
Tiltak | 2012 |
---|---|
Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap | 2,0 |
Frukt/bær/kulturlandskap/reiseliv på Vestlandet | 2,0 |
Sum | 4,0 |
Prosjektet nasjonalt utviklingsprogram for landbruksbygg og kulturlandskap
I jordbruksoppgjeret 2007 vedtok avtalepartane å opprette eit nasjonalt program for Landbruksbygg og kulturlandskap. Programmet var 5-årig, med ei årleg ramme på 2 mill. kroner, og blei avslutta i 2012. Hensikta var å sjå på moglegheitene for å sikre ei betre landskapsmessig utforming ved oppføring av nye store landbruksbygg, og å stimulere til ny bruk av ledige bygningar. Utviklingsprogrammet har hatt som mål å framskaffe ny kunnskap, finne flaskehalsar, manglar og utfordringar i regelverk, samt sjå på og formidle erfaringar frå utviklingsprosjekt og gode byggjeprosjekt. Programmet har også arbeidd med å utvikle metodar for å registrere kulturhistorisk viktige landbruksbygg. Arbeidet med programmet har vore delt inn i 3 grupper med ei koordinerande styringsgruppe.
Gjennom prosjektet har det vore arrangert fleire seminar både lokalt, regionalt og nasjonalt. Seminara har både bidrege til å hente inn og å spreie kunnskap. Vidare blir det utvikla ein eigen nettstad, www.landbruksbygg.no, for å formidle kunnskapen. Gruppene har komme med anbefalingar for betre ivaretaking av dei aktuelle verdiane, m.a. Innspel til regelverk, til søknadsprosessar, til kompetanse og til økonomiske verkemiddel som vil bidra til ivaretaking av kulturmiljø og kulturlandskap. Erfaringane frå programmet vil bli brukt vidare i landbrukssektoren sitt arbeid med å ivareta desse verdiane, i samarbeid med kulturminne- og miljøvernmyndigheiter.
Frukt og bær rundt neste sving
Det femårige prosjektet Frukt og bær rundt neste sving, med Hordaland og Sogn og Fjordane som hovudområde, har årleg disponert 2 mill. kroner over jordbruksavtalen, samt 1 mill. kroner i lokale midlar til og med 2012. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er sekretariatsfylke for satsinga. Med utgangspunkt i profesjonell frukt- og bærproduksjon, skulle programmet utvikle og vidareutvikle salbare produkt og tenester, særleg til reiselivsføremål. Prosjektet har utvikla og synleggjort ei rekkje gode bedrifter både i Hardanger og Sogn, og fått til eit konstruktivt samarbeid med destinasjonsselskapa og lokale hotell. Fleire samarbeidsprosjekt mellom bedrifter sikrar fleksibilitet og gjer det lettare å tilby opplevingar gjennom heile turistsesongen. Smak av lokale produkt som friske bær, eplejuice og sider bidrar til å gje ei god oppleving. Det blei utarbeidd ein sluttrapport frå programmet i 2013 av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Vidare oppfølging av bedriftene vil skje i regi av Fylkesmannen og Innovasjon Noreg i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Budsjettframlegg 2014
Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)
Departementet gjer framlegg om ei løyving for budsjettåret 2014 på 1 196,7 mill. kroner under kap. 1150, post 50, underpost 11. Dette er 38 mill. kroner meir enn førre års løyving, etter at eingongsløyvinga til styrking av fondet på 275 mill. kroner er teke ut. LUF blir også tilført 12,8 mill. kroner i 2013 gjennom omdisponering av udisponerte midlar, jf. Tabell 2.11.
Løyvingsramma blir fastsett ut frå løyvingsframlegg på kap. 1150, renteinntekter, fondskapitalen, rentestøtte og administrative kostnader. Samla tildelingsramme i 2014 blir på 1375,5 mill. kroner ekskl. rentestøtte, jf. Tabell 2.12. Det er berre ein del av tildelingsramma som faktisk kjem til utbetaling det same året. Ein del er ansvar mellom år. Tabell 2.11 gjev ei oversikt over kontantstraumane for fondet i 2013 og 2014. Det er lagt opp til ei belastning av kapitalen i fondet med 190 mill. kroner i 2014.
Tabell 2.11 Prognose for kontantstraumar i LUF
(mill. kroner) | ||
---|---|---|
2013 | 20141 | |
Utbetalingar: | ||
Utbetaling av tilskott2 | 1 320,1 | 1 308,2 |
Rentestøtte | 44,2 | 57,2 |
Auka tildelingsramme ekskl. rentestøtte3 | 32,0 | |
Andre kostnader | 42,8 | 39,9 |
Sum utbetalingar: | 1 407,0 | 1 437,3 |
Finansiering: | ||
Løyving kap. 1150, post 50 m.m. | 1 158,7 | 1 196,7 |
Overførte udisponerte midlar | 12,8 | |
Eingongsløyving til styrking av fondet | 275,0 | |
Renteinntekter | 27,9 | 40,6 |
Andre inntekter | 10,0 | 10,0 |
Bruk av fondskapital4 | -77,4 | 190,0 |
1 Framlegg i 2014
2 Prognose for utbetaling er basert på Statens landbruksforvaltning sin rekneskapsrapport for LUF 2012, justert med oppdatert prognose for utbetaling i 2013 til ordninga med kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott og tilskott til avløysing ferie/fritid.
3 Erfaringstal viser at auka løyvingsramme som er foreslått for 2014 ikkje vil komme til utbetaling i sin heilskap i 2014. Resultat for 2014 vil difor truleg avvike noko frå denne prognosen.
4 Negative tall betyr at fondskapitalen blir styrkt.
Fordelinga av tildelingsramma går fram av Tabell 2.12. Beløpet avvik frå Prop. 164 S på grunn av 6 mill. kroner som teknisk er flytta til post 77, underpost 13 Tilskott til rådgjeving.
Tabell 2.12 Oversikt over tildelingsramme for LUF 2013 –2014
(mill kroner) | |||
---|---|---|---|
2013 | 2014 | Endring 2013 –2014 | |
Matmerk1 | 52,0 | 56,0 | 4,0 |
Rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket2 | 26,0 | 26,0 | 0 |
Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar | |||
Bedriftsretta midlar3 | 508,0 | 528,0 | 20,0 |
Utviklings- og tilretteleggingsmidlar | 60,0 | 67,0 | 7,0 |
Sentrale bygdeutviklingsmidlar | |||
tilskottsmidlar til nasjonale prosjekt (IN) | 8,0 | 8,0 | 0 |
omdømmemidlar (LMD) | 9,0 | 9,0 | 0 |
Områderetta innsats4 | 7,0 | 13,0 | 6,0 |
Utviklingsprogram for lokalmat og grønt reiseliv5 | 70,0 | 66,0 | -4,0 |
Bioenergiprogrammet | 22,0 | 25,0 | 3,0 |
Skogbruk | 204,0 | 204,0 | 0 |
Helse- og utviklingstiltak sau og geit6 | 17,0 | 19,0 | 2,0 |
Forsking | 53,0 | 53,0 | 0 |
Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift | 1,5 | 1,5 | 0 |
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | 220,0 | 225,0 | 5,0 |
Investeringsstøtte til organisert beitebruk | 11,0 | 11,0 | 0 |
Klima- og miljøprogram | 18,0 | 18,0 | 0 |
Biogass | 1,0 | 2,0 | 1,0 |
Støtte til verdsarvområda og Utvalde kulturlandskap | 11,0 | 11,0 | 0 |
Spesialrådgjeving energi i veksthusnæringen | 1,0 | 1,0 | 0 |
Utviklingstiltak innan økologisk landbruk7 | 44,0 | 32,0 | -12,0 |
Sum tildelingsramme LUF | 1343,5 | 1375,5 | 32,0 |
Rentestøtte | 41,8 | 57,2 | 15,4 |
Sum tildelingsramme inkl. rentestøtte | 1385,3 | 1432,7 | 47,4 |
1 Auken på 4 mill. kroner i 2014 er ein konsekvens av flytting av midlane til kompetanseprosjektet Markedstjenester til lokalmatprodusenter, som hittil er blitt løyvd frå Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv, samt etablering av ein ny matkultureining i tilknyting til Matmerk.
2 Rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket omfattar i 2014 6 mill. kroner til Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL) i regi av Matmerk, og 20 mill. kroner til fylkeskommunanes tilskottsmidlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket.
3 For 2014 er 2 mill. kroner av auken øyremerka bioenergi.
4 Områderetta innsats omfattar i 2014 3 mill. kroner til arktisk landbruk, 4 mill. kroner til Sametingets midlar til næringsformål og 6 mill. kroner til ei satsing på fjellandbruket.
5 Reduksjonen på 4 mill. kroner i 2014 er ein konsekvens av flytting av midlane til Matmerk til kompetanseprosjektet Markedstjenester til lokalmatprodusenter, som hittil er blitt løyvd frå Utviklingsprogram for lokalmat og grønt reiseliv, samt etablering av ein ny matkultureining i tilknyting til Matmerk. I 2014 blir det sett av 3 mill. kroner til nasjonale omdømmeprosjekt forvalta av Landbruks- og matdepartementet.
6 For 2013 blir det sett av 7 mill. kroner frå omdisponerte midlar til ordninga med kompensasjon for bortfall av tilskott, jf. omtale under Helse- og utviklingstiltak sau og geit. Total ramme for 2013 blir dermed 24 mill. kroner. For 2014 er 15 mill. kroner av ramma sett av til ordninga med kompensasjon for bortfall av tilsott, og 4 mill. kroner til oppfølging m.v. av allereie sanerte besetningar.
7 Ramma til utviklingstiltak innan økologisk landbruk forvalta av SLF blir auka med 1 mill. kroner. Vidare blir 7 mill. kroner flytta til fylkesvise utviklings- og tilretteleggingsmidlar og 6 mill. kroner flytta til kap. 77.13 Tilskott til rådgjeving, jf. omtale under post 77, slik at SLF forvaltar ei total ramme på 32 mill. kroner.
Nedanfor følgjer budsjettframlegg for ordningane finansiert frå Landbrukets utviklingsfond (LUF). For nærare omtale av dei ulike ordningane og formålet med desse, viser departementet til Rapportering 2012 og til Prop. 164 S (2012–2013).
Stiftinga Matmerk
Matmerk har ansvaret for Kvalitetssystem i landbruket (KSL) og for forvaltning og utvikling av merkeordningane Nyt Norge, Beskytta nemning og Spesialitet. I tillegg har Matmerk ansvaret for generisk marknadsføring av økologisk mat, kompetanseprogrammet i landbruket (KIL) og for godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet.
Det er behov for forbetring av KSL-databasen, og departementet aukar difor avsetninga til KSL-arbeidet med 0,5 mill. kroner for 2014.
Merkeordninga Nyt Norge blei etablert i 2009, og styret i Matmerk støttar eit forslag til ny finansieringsmodell for perioden 2014–2017. Med bakgrunn i dette foreslår departementet framleis støtte merkeordninga Nyt Norge over jordbruksavtalen, men med ein reduksjon i avsetninga på 3 mill. kroner til 7,5 mill. kroner i 2014. Dette føreset at finansieringa til merkeordninga elles er i tråd med forslaget til ny finansieringsmodell. Vidare blir det lagt opp til ei gradvis nedtrapping av den samla finansieringa over jordbruksavtalen fram mot 2017.
Avsetninga til Matmerks arbeid med rekruttering til og synleggjering av merkeordningane Beskytta nemningar og Spesialitet, vil førast vidare på same nivå. Prosjektet Markedstenester for lokalmatprodusentar blei lagt til Matmerk i 2011. Prosjektet har hittil fått støtte frå utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv, men vil frå 2014 leggjast inn i den ordinære tildelinga til Matmerk. Avsetninga vil førast vidare med 2 mill. kroner i 2014. Det blir lagt til grunn at prosjektet skal evaluerast i løpet av 2013.
Vidare skal Matmerk etablere ein Database for lokalmatprodusentar. Databasen skal vere etablert innan utgangen av 2014, og det blir tildelt 1 mill. kroner til arbeidet. Til oppfølginga av prosjektet Definisjon og måling av salgstal lokalmat blir det sett av 1 mill. kroner for 2014.
Avsetninga til generisk marknadsføring av økologisk mat førast vidare med 2 mill. kroner i 2014. Til vidareføringa av arbeidet med forvaltninga av godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet, og utviklinga av ein ny nettstad for Inn på tunet, blir avsetninga auka med 0,5 mill. kroner i 2014.
Det er behov for å styrkje norsk matkultur. Ei ny eining med eit særskilt mandat for å følgje opp matkultursatsinga i Meld. St. 9 (2011–2012) og Meld. St. 22 (2012–2013) kan vere eit godt tiltak for å samle utviklingsarbeidet på området innan blå og grøn sektor. Ei slik eining vil også kunne vere ein pådrivar for departement og andre offentlege instansar for å integrere matkultur i næringssatsinga generelt. Det blir teke sikte på å etablere ei matkultureining i tilknyting til Matmerk som skal ha ansvar for å følgje opp nasjonale utviklingsoppgåver på matkulturfeltet (t.d. Smakens uke, kulturskolesatsinga på mat (KulMat), mat på større arrangement). Eininga er tenkt finansiert med 50 pst. av Landbruks- og matdepartementet over jordbruksavtalen og 50 pst. av Fiskeri- og kystdepartementet. For 2014 legg departementet opp til at det blir sett av 2 mill. kroner som blir flytta frå ramma til Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv. Det blir lagt til grunn at Fiskeri- og kystdepartementet bidreg med eit tilsvarande beløp. Hensiktsmessig tilknytingsform blir drøfta nærare med styret i stiftelsen Matmerk.
Departementet gjer framlegg om å auke den samla avsetninga til Matmerk med 4 mill. kroner til 56 mill. kroner for 2014. Av auken er 2 mill. kroner ein konsekvens av flytting av midlar til kompetanseprosjektet Marknadstenester for lokalmatprodusentar, som til no er blitt tildelt til Matmerk frå Utviklingsprogram for lokalmat og grønt reiseliv. I tillegg kjem auken på 2 mill. kroner til etablering av matkultureininga jf. omtale ovanfor.
Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL)
Stiftinga Matmerk forvaltar Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL). Det er viktig at aktivitetane som blir støtta av KIL blir sett i samband med fylkeskommunane sitt arbeid for rekruttering, likestilling og kompetanseheving på landbruks- og matområdet. Departementet gjer framlegg om å vidareføre ramma på 6 mill. kroner til KIL for 2014. KIL-ordninga blei evaluert i 2012. Det blir lagt vekt på denne evalueringa ved revidering av retningsliner og vidare sakshandsaming av søknader om KIL-midlar.
Rekruttering, likestilling, utdanning og kompetanse
Landbruks- og matdepartementet viser til omtale av Rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket under rapportering for 2012, og til særskilt omtale av likestilling i landbrukssektoren i del IV. Rekrutteringa til dei tradisjonelle landbruksutdanningane, spesielt agronom- og gartnarfag, har svikta dei seinare åra. Dette medfører ei utfordring for bransjane med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft, og for skolane med å oppretthalde tilbod av god kvalitet. Departementet gjennomfører i 2013 ei evaluering av landbruks- og gartnarfaga på vidaregåande skole for å få kunnskap om den tilfredsstiller framtidas behov for kompetanse, og skal også kartleggje tilbodet og behovet for fagskolar i landbruks- og matfag. Evalueringa og kartlegginga blir gjennomført i 2013. Det er oppretta ei referansegruppe for arbeidet med representasjon frå m.a. næringsorganisasjonane i landbruket og Faglig råd for naturbruk.
Fylkesvise midlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket
Meld. St. 9 (2011–2012) legg vekt på behovet for kompetanse og rekruttering for å nå dei landbrukspolitiske måla. Fylkeskommunane har ansvar for og forvaltar verkemiddel for styrkt innsats innanfor området rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. Ansvaret må bli sett i samanheng med fylkeskommunanes ansvar som skoleeigarar og regionale utviklingsaktørar. Departementet gjer framlegg om å vidareføre avsetninga til dei fylkesvise midlane til rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket på 20 mill. kroner i 2014. Det er lagt til grunn at det blir etablert eit forpliktande samarbeid med næringa om innrettinga av midlane. Prioriterte område for ordninga er kompetansehevande tiltak innanfor tradisjonelt landbruk og bygdenæringar, m.a. støtte til etter- og vidareutdanningstilbod for yrkesutøvarar i landbruket.
Regionale bygdeutviklingsprogram
I tråd med føringane i Meld. St. 9 (2011–2012) blei det oppretta Regionale bygdeutviklingsprogram frå 2013. Dei regionale bygdeutviklingsprogramma består av tre hovudelement:
Regionale næringsprogram (RNP)
Regionale miljøprogram (RMP)
Regionalt skog- og klimaprogram (RSK)
Innanfor overordna nasjonale føringar frå Landbruks- og matdepartementet har alle fylke utarbeidd strategiar for regionale bygdeutviklingsprogram, medrekna eigne strategiar for RNP, RMP og RSK. Siktemålet er å tilpasse verkemiddelbruken til utfordringane i regionen. Dei regionale strategiane er utarbeidde av det regionale partnarskapet beståande av Fylkesmannen, Innovasjon Noreg, fylkeskommunen, landbruket sine organisasjonar, kommunane med fleire.
Landbruks- og matdepartementet viser til Prop. 164 S (2012–2013) for ei meir detaljert omtale.
Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar)
Dei fylkesvise BU-midlane inngår i dei regionale næringsprogramma i fylka.
Gode investeringsordningar er nødvendig for å nå dei sentrale landbruks- og matpolitiske måla om auka matproduksjon og eit landbruk over heile landet. Ordningane er også viktige for rekrutteringa til landbruket. Midlane har ein klar ungdomsprofil, delvis fordi yngre investerer i større grad enn eldre, og delvis fordi mange eldre som investerer gjer dette for å leggje til rette for den neste generasjonen. Det er framleis eit stort behov for investeringar innanfor landbruket, både i nye driftsbygningar og i utbetringar av gamle bygg.
Det er eit stort potensial for vidareutvikling av bygdenæringar med utgangspunkt i landbruket sine ressursar. Ei satsing på bygdenæringar vil gje eit meir mangfaldig landbruk med auka innslag av alternativ sysselsetjing. Dette vil bidra til å sikre både primærproduksjon og busetjing i distrikta. For å få eit løft i utviklinga av bygdenæringar, er det nødvendig å prioritere investeringsmidlar.
Lønsemdsvurdering av prosjekta skal liggje til grunn for tildeling av midlar. Tiltak for å betre lønsemd vil også kunne gjennomførast utan strukturrasjonalisering. Ulike eigarformer skal likestillast ved prioritering av søknader. Nye krav til dyrevelferd og fornying av driftsapparatet er vektlagt. Beitekrav for storfe i lausdrift blir sett i verk frå 2014, og dette må leggjast til grunn ved tilsegn om investeringar. I søknader om investeringstilskott til driftsbygningar til husdyr er det viktig å ta høgde for tilstrekkeleg gjødsellagerkapasitet, samt vektlegging av tiltak for å hindre avrenning frå husdyrproduksjonen. Den nasjonale føringa om at strategiane for vareproduksjonen må bli vurdert etter kvart mot marknadsmoglegheitene og –utsiktane, blir understreka av avtalepartane i jordbruksoppgjeret. Det skal også leggjast vekt på det tilgjengelege ressursgrunnlaget ved vurdering av investeringsstøtte.
Departementet gjer framlegg om at avsetninga til bedriftsretta tiltak innanfor dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane blir auka med 20 mill. kroner til totalt 528 mill. kroner i 2014, der 2 mill. kroner er øyremerka tiltak innanfor bioenergi. Med bakgrunn i auka investeringskostnadar for bygningar og generell prisvekst, blir satsane for tilskott til investeringar frå dei bedriftsretta BU-midlane auka med verknad frå og med 2014. Grensa for maksimalt tilskott til investeringar blir heva frå 900 000 kroner til 1 mill. kroner, med unntak av Finnmark, Troms, Nordland og Namdalen, der det ikkje er tak for tilskott. Maksimal prosentsats for tilskott blir auka frå 30 pst. av kostnadsoverslaget for investeringa, til 33 pst. av kostnadsoverslaget.
Lån med rentestøtte
Med bakgrunn i store investeringsbehov i landbruket, gjer departementet framlegg om at utlånsramma for lån med rentestøtte blir vidareført med ei ramme på 1 000 mill. kroner i 2014. Nivået på rentestøtta blir fastsett årleg for alle lån som er inne i ordninga. Rentestøtta blir sett til 50 pst. av risikofri rente 3 år stat (ST4X) for føregåande år. Rentestøtta kan ikkje overstige 4 pst.
Risikolån
Ordninga med risikolån blir vidareført innanfor ramma av dei fylkesvise BU-midlane.
Fylkesvise BU-midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak
Departementet gjer framlegg om å auke avsetninga til dei fylkesvise BU-midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak med 7 mill. kroner til 67 mill. kroner i 2014. Auken på 7 mill. kroner er ein konsekvens av flytting av midlar frå utviklingsmidlane til økologisk landbruk. Sjå også omtalen av områderetta satsing i Prop. 164 S (2012–2013).
Sentrale bygdeutviklingsmidlar
Frå 2012 blei ordninga med sentrale bygdeutviklingsmidlar lagt om for å sikre ei betre målretting av midlane og for å lette klagehandsaminga for prosjektstøtte. Ansvaret for midlane er delt mellom Innovasjon Noreg og Landbruks- og matdepartementet. Midlane departementet forvaltar blir også sett i samanheng med tilskottsordninga for omdømmebygging under Utviklingsprogrammet for mat og reiseliv.
Frå 2013 skal også prosjekt innan Inn på tunet støttast innanfor dei sentrale BU-midlane som blir forvalta av Innovasjon Noreg. Departementet gjer framlegg om at avsetninga til omdømmemidlane blir vidareført for 2014 med totalt 17 mill. kroner, der 9 mill. kroner går til omdømmemidlane som blir forvalta av Landbruks- og matdepartementet og 8 mill. kroner går til Innovasjon Noreg sin del av dei sentrale BU-midlane. Av midlane som blir forvalta av departementet, vil prosjekt for å styrkje rekrutteringa til landbruksutdanning vere prioritert i 2014.
Områderetta innsats
Som eit ledd i ein meir regionalt tilpassa landbruks- og matpolitikk, skal landbruksavhengige kommunar ha særskild merksemd i framtidig prioritering av verkemiddel og innsats. Arktisk landbruk og fjellandbruk er peika ut som særleg prioriterte område. Avsetninga til satsinga på arktisk landbruk blir vidareført med 3 mill. kroner i 2014. Frå 2014 blir det også avsett 6 mill. kroner til ei satsing på fjellandbruket. Satsinga er avgrensa til to samarbeidsprosjekt, der 4 mill. kroner blir fordelt til fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Oppland og Hedmark, og 2 mill. kroner til fylka Buskerud og Telemark. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag og Fylkesmannen i Telemark skal ha det koordinerande ansvaret for dei to prosjekta opp mot dei andre fylkesmannsembeta, fylkeskommunane, Innovasjon Noreg, næringsorganisasjonar, kunnskaps- og kompetansemiljø og eventuelle andre aktørar. Satsinga må også sjåast i samanheng med Kommunal- og regionaldepartementet si satsing retta mot fjellområda. Eit overordna mål med satsinga skal vere å styrkja grunnlaget for bærekraftig verdiskaping i fjellområda gjennom økt vare- og tenesteproduksjon med basis i landbruket sine ressursar, både innanfor tradisjonelt landbruk og bygdenæringar. Det blir elles lagt til grunn at dei fylkesvise BU-midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak kan nyttast til områderetta satsingar i landbruksavhengige kommunar.
Sametingets midlar til næringsformål
Departementet gjer framlegg om å vidareføre avsetninga til Sametingets midlar til næringsformål med 4 mill. kroner i 2014. Det blir lagt til grunn at samarbeidet og koordineringa mellom Sametingets midlar til næringsformål, Innovasjon Noreg og fylkesmannsembeta i Finnmark, Troms og Nordland blir vidareutvikla for å få best mogleg effekt av midlane til landbruksbasert næringsutvikling i desse fylka.
Utviklingsprogram for lokalmat og grønt reiseliv
Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv omfattar nasjonalt arbeid med kompetanse og regionale kompetansenav, omdømmebygging, vekstsatsinga for matverksemder og tilskott til forpliktande produsentnettverk. Ordninga med kompetansenav blei evaluert i 2012. Styringsgruppa for utviklingsprogrammet er samd om at kompetansenava bør vidareførast, men at innsatsen skal konsentrerast om det matfaglege området og ei styrkt samhandling med dei enkelte fylka.
Satsinga på grønt reiseliv omfattar mellom anna marknadsføring, temasatsingar og støtte til overordna utviklingsprosjekt. Vidare skal Innovasjon Noreg forsterke den nasjonale koordineringa og samordninga av denne satsinga og sikre at kompetansemodellen blir vidareutvikla og meir målretta. Kompetansetilbodet innanfor lokalmat og grønt reiseliv skal sjåast meir i samanheng.
Prosjektet Markedstjenester for lokalmatprodusenter i regi av Matmerk blir teke ut av Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv og blir vidareført innanfor den ordinære ramma til Matmerk for 2014. Det er ein føresetnad at prosjektet framleis skal bli koordinert mot Innovasjon Noreg og aktivitetane innanfor Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv.
Inkubatorprogrammet i regi av SIVA – Selskapet for industrivekst er eit pilotprosjekt. Det blir evaluert og skal avsluttast ved utgangen av 2013. Styringsgruppa for Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv tek stilling til eventuell vidareføring når evalueringa er gjennomført, og SIVA har gjeve ei sluttvurdering av pilotprosjektet.
Satsinga på innlandsfiske innanfor Utviklingsprogrammet skal bidra til verdiskaping og utvikling av lønsamt næringsfiske og fisketurisme. Det blir lagt til grunn at satsinga skal integrerast vidare i Utviklingsprogrammet og at styringsgruppa sine konklusjonar blir lagd til grunn når prosjekta blir prioritert.
Departementet gjer framlegg om ei samla avsetning for det nasjonale Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv på 66 mill. kroner for 2014, i tillegg til å flytte 2 mill. kroner til prosjektet Markedstjenester for lokalmatprodusenter i regi av Matmerk, til Matmerk si ordinære avsetning.
Prosjektet Mat langs nasjonale turistvegar, som skal bidra til å auka landbruksbasert næringsutvikling innan mat, reiseliv og opplevingar langs 4 nasjonale turistvegar, skal avsluttast innan 31.12.2013. Det vil bli gjennomførd ei ekstern evaluering som vil leggje grunnlaget for ei eventuell vidare satsing på området.
Bioenergiprogrammet
Auka produksjon av biobrensle og leveransar av biovarme frå landbruket gjev auka verdiskaping og bidreg til å nå regjeringa sine mål i klima- og energipolitikken, jf. St.meld. nr. 39 (2008–2009) og Meld. St. 21 (2011–2012). Landbruket har ei viktig rolle i å sikre råstoff til bioenergi. Det er også eit mål å auke bruken av fornybar energi internt i landbruket. Det er viktig å prioritere prosjekt for varmesal, også for å ivareta målet om bioenergi som eit område for næringsutvikling og auka verdiskaping. Innretninga på verkemiddelbruken vil bli vurdert i arbeidet med oppfølging av klimameldinga.
Sjå også omtalen under rapportering 2012 av evalueringa av varmesalsanlegga som er gjennomført i 2012. I 2013 vil det også bli gjort ei tilsvarande evaluering av gardsvarmeanlegga som har fått støtte over Bioenergiprogrammet.
Utviklinga av gardsbaserte biogassanlegg er også eit prioritert område innafor den nasjonale klimapolitikken. Biogassprosjekta blir likevel vurderte med utgangspunkt i dei vanlege energi- og lønsemdskriteria. Støtte til biogassprosjekt blir samordna med utviklingsprosjekt innan same tema under Klima- og miljøprogrammet.
Meld. St. 9 (2011–2012) la opp til ein regionalisering av dei landbrukspolitiske verkemidla. Delar av Bioenergiprogrammet blei difor overført til regionalt nivå frå 2013. Innovasjon Noreg tildeler framleis midlar til nasjonale prosjekt. Midlane til regionalt nivå er overført til dei fylkesvise BU-midlane gjennom ein eigen fordelingsnøkkel, øyremerka bioenergitiltak.
Skogbruk
Meld. St. 9 (2011–2012) vektlegg den viktige nærings- og klimapolitiske rolla skogen har. St. meld. nr. 39 (2008–2009) understrekar den rolla skogen har i klimasamanheng. Regjeringa har i Meld. St. 21 (2011–2012) vektlagt at skogen skal bli brukt og forvalta berekraftig for å sikre eit høgt opptak av CO2, og slik at karbonlageret i skogen aukar. Skogressursane utgjer også ei viktig kjelde til fornybar energi og til produksjon av trematerialar som erstatning for meir klimabelastande materialar.
Skog er ein fornybar ressurs som det er eit samfunnsansvar å halde ved like for kommande generasjonar. Det er eit betydeleg potensial for å auke oppbygginga av skog i Noreg gjennom tettare planting og planting av skog på nye areal. For å optimalisere framtidig skogproduksjon er det ønskjeleg at skogeigarane ved forynging av eksisterande skogareal vel høgare plantetettleik enn det som i dag er sett som minstekravet til plantetettleik. Dagens gjennomsnittlege plantetettleik vil berre kunne gjere bruk av om lag 60 pst. av produksjonspotensialet for skogareala. Meld. St. 21 (2011–2012), peiker på behovet for ein betydeleg auke i plantinga utover det som skogbruksmessig er nødvendig for å sikre auka karbonopptak og auke karbonlageret i skogen i Noreg.
Eit velfungerande skogsvegnett er avgjerande for lønnsemd i skogsdrifta og for utvikling av dei positive nærings-, klima- og energibidrag skogen gjev. Heilårs skogsbilvegar gjev betre moglegheit til å utnytte sesongvariasjonar i prisar og moglegheit for avsetnad for tømmer, medrekna trevirke til biobrensle. Dette er viktig for at industrien skal ha tilgang til råstoff og vere konkurransedyktig. For låge investeringar i infrastruktur gjer det vanskeleg å få tilgang til betydelege skogressursar og er til hinder for nødvendig modernisering av vegnettet som tilpassing til dei krava som dagens tømmertransport og transportutstyr stiller. Dette blir underbygd i Riksrevisjonens gjennomgang av skogpolitikken, jf. Innst. 102 S (2012–2013) og Stortingets behandling av innstillinga. I Meld. St. 9 (2011–2012) framgår det at det er eit mål å utvikle skogbruket sin infrastruktur innanfor rammene av målretta miljøomsyn og ivaretaking av naturmangfaldet, for å gje betre tilgang til skogressursane som grunnlag for å auke verdiskapinga frå skog. Bygging av skogsvegar krev planlegging og offentleg godkjenning for å sikre balanse mellom nærings- og miljøomsyn. Departementet har starta arbeidet med å revidere landbruksvegforskrifta.
Kystskogfylka har betydelege skogressursar og høg tilvekst, og tidlegare tiders skogreisingsområde er no i ferd med å bli hogstmodne. Samtidig har desse fylka større utfordringar enn skogstrøk i innlandet, mellom anna knytt til eigedomsstruktur, vanskeleg terreng, dårlegare utbygd skogsvegnett og offentleg infrastruktur og manglande skogbrukstradisjonar og -kompetanse. Det blir difor løyvd midlar til sentrale tiltak som utvikling av kommunale hovudplanar for skogsvegar, etablering av prioritert plan for utbygging av tømmerkaier og rettleiing av skogeigarar. Betydelege mengder skog som alt er hogstmoden, eller som vil bli hogstmoden dei nærmaste tiåra, står i terreng som er eigna for drift med taubane. Også i innlandsstrøka er det behov for taubaner for å ta ut tømmer i bratt terreng. Erfaringane etter orkanen Dagmar underbyggjer i tillegg betydinga av taubanedriftslag for beredskap og evne til opprydding etter omfattande stormskadar i skog i bratt terreng
Eit berekraftig skogbruk krev eit godt kunnskapsgrunnlag som gjev grunnlag for å vege omsyn til økonomi, miljø, og sosiale og kulturelle forhold mot kvarandre. Skogbruksplanlegging er eit sentralt verkemiddel, og har lenge vore avgjerande for miljøarbeidet i skogbruket. Gjennom skogbruksplanlegginga blir det framskaffa viktig miljøinformasjon som grunnlag for dei miljøomsyna som skal takast når ein driv skogbruk.
Tilgang på kompetansehevande tiltak som kan auke engasjementet, er sentralt for gjennomføringa av skogpolitikken, og det er viktig å leggje til rette for eit godt tilbod. Skogbrukets Kursinstitutt (Skogkurs) er ein sentral aktør når det gjeld å utvikle og gjennomføre kompetansetiltak på skog- og utmarksområdet, retta mot både offentleg og privat rettleiingsapparat, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet. Det er naturleg at Skogkurs held fram med å leggje til rette for eit kompetansetilbod som dekkjer aktuelle utfordringar i skogbruket, som mål om auka hogst, ein aktiv miljøprofil med oppfølging av Norsk PEFC Skogstandard og offentleg regelverk, auka satsing på oppbygging av kvalitetsskog, auka opptak av CO2 i skog, meir bruk av bioenergi og anna. Det er dessutan viktig å jobbe med å motivere og rettleie små og mellomstore skogeigarar.
Helse- og utviklingstiltak sau og geit
Fleire ordningar under Landbrukets utviklingsfond har som mål å leggje til rette for betre sjukdoms- og driftsforhold i saue- og geitenæringa, jf. Tabell 2.13. Saue- og geitenæringa har utfordringar med smittsame sjukdommar, snyltarar m.m. og behov for tilpassing av organisasjons- og samarbeidsformer for mest mogleg rasjonell utnytting av beiteressursane.
Tabell 2.13 Helse- og utviklingstiltak sau og geit, avsetning i mill. kroner
Tiltak | 2012 | 2013 | 2014 |
---|---|---|---|
Utviklingstiltak for geit/friskare geiter | |||
Sanering | 11,0 | 11,0 | 4,0 |
Kompensasjon1 | 10,0 | 11,0 | 15,0 |
Fotråte – prosjekt friske føter | 7,0 | 2,0 | - |
Nasjonalt beiteprosjekt | 5,0 | - | - |
Sum | 33,0 | 24,0 | 19,0 |
1 Av avsetninga for 2013 er 7 mill. kroner sett av frå omdisponerte midlar.
Utviklingstiltak for geit – Friskare geiter
Avtalepartane blei i 2010 samde om at prosjektet Friskare geiter skulle vidareførast i ein fase III (sluttfase) med målsetjinga om at heile geitepopulasjonen skulle sanerast for sjukdommane CAE, byllesjuke og paratuberkulose hos geit. Det blei lagt vekt på at næringa (varemottakarane) skulle bidra til at resterande dyreeigarar gjennomførte sanering.
Dette er følgt opp av TINE med trekk i mjølkepris frå og med 2012 for dyreeigarar som ikkje innan utløpet av 2011 var påmelde til sanering. Vidare har TINE vedteke at dei frå 2014 ikkje vil nytte mjølk frå besetningar som ikkje er sanerte. Nortura har varsla at kjøtt frå dei same besetningane vil bli betalt med minimumssats. TINE har vidare bestemt å gjennomføre sluttfaseprosjektet og utbetale rekrutteringsbidrag i samsvar med avtalte satsar til alle besetningar der det er inngått avtalar. Ein føresetnad er at saneringsarbeidet er starta seinast i 2013 og er avslutta og godkjend innan utgangen av 2014. Landbruks- og matdepartementet har i 2011 listeført CAE som B-sjukdom. Dette inneber ein smittsam dyresjukdom som styresmaktene gjennomfører tiltak for å avgrense utbreiinga av.
Mattilsynet har gjeve retningsliner om motarbeidinga i perioden 2011–2018. Det krev eit samarbeid med smittesaneringsprosjektet Friskaregeiter, så lenge prosjektet er i funksjon.
Behov for midlar til påmelde besetningar til sanering har vore større enn den avsette ramma, både til sanering og til kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott. Prosjektet er viktig for geitenæringa, og har difor vore støtta over jordbruksavtalen i mange år.
I jordbruksoppgjeret 2012 blei det lagt til grunn at prosjekteigar TINE sluttfører prosjektet, og at 2013 er siste år prosjektet får støtte til sanering over jordbruksavtalen. Det blei likevel lagt til grunn at kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott på 4 mill. kroner kunne vidareførast.
På bakgrunn av dei betydelege midlane som er løyva over jordbruksoppgjeret til saneringsprosjektet, er det lagt til grunn at 2013 er siste året saneringsprosjektet får støtte over jordbruksavtalen, og at prosjekteigar har ansvar for å finansiere sluttføringa av denne delen av prosjektet. Departementet gjer framlegg om å sette av 4 mill. kroner i 2014 til prøvetaking, oppfølging og analysar i allereie sanerte besetningar. Kostnader utover dette, i 2014 og seinare år, må bli dekte av prosjekteigar.
Departementet gjer vidare framlegg om å sette av 15 mill. kroner til kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott og tilskott til avløysing ferie/fritid i 2014. Dette er i tråd med SLFs prognosar for forbruk over ordninga. SLF føreseier at utbetalinga til kompensasjon for 2013 vil vere totalt 11 mill. kroner. Det blir difor sett av 7 mill. kroner i 2013 frå omdisponerte midlar til kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott og tilskott til avløysing ferie/fritid. Årsaka til det auka behovet er eit stort tal deltakarar i prosjektet.
Fotråte – prosjekt Friske føter
Mattilsynet har ansvar for å handtere den noverande varianten av fotråte som ein ordinær B-sjukdom for å avgrense smittespreiing. Udisponerte midlar kan i 2014 brukast til ei ordning med kompensasjon til jordbruksføretak som sanerer smitta dyr og til eventuelle tilgrensande tiltak i tråd med føremålet med prosjektet. Prosjekteigar Animalia vil framleis ha ansvar for å utforme og sikre tilfredsstillande administrering av ordninga.
Forsking
FoU-midlar over jordbruksavtalen er viktige for å bidra til å løyse dei omfattande kunnskapsbehova landbrukssektoren står ovanfor, og for å følgje opp dei landbruks- og matpolitiske måla i Meld. St. 9 (2011–2012). Avsetninga til forsking blir vidareført med 53 mill. kroner i 2014. I eit langsiktig perspektiv skal midlane bidra til kunnskap som aukar den norske matproduksjonen, blant anna gjennom auka innovasjon og konkurranseevne i landbruks- og matsektoren. Midlane skal også gje kunnskap om klimatilpassing og sikre kunnskapsutvikling for forvaltninga. For 2014 skal særleg FoU-behov og utgreiingsoppgåver for å følgje opp anbefalingar i rapportane Økt norsk kornproduksjon, Økt storfekjøttproduksjon i Norge og Grønn vekst prioriterast. Partane peikar spesielt på auka behov for kunnskap om løysingar som gjev betre lønnsemd, samt sikre berekraftige og robuste produksjonar som følgje av klimautfordringar. For å sikre ei effektiv ressursutnytting må disponeringa av midlane sjåast i samanheng med Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og programma i Noregs forskingsråd.
Konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift
Midlar til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift blir forvalta av Innovasjon Noreg. Ordninga skil seg betydeleg frå andre ordningar Innovasjon Noreg forvaltar, mellom anna fordi ordninga ikkje er særskilt retta mot næringsutvikling. Frå 2014 blir områdekontora til Statens reindriftsforvaltning overført til fylkesmannsembeta. Forvaltninga av ordninga konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift blir overført til eit av fylkesmannsembeta frå 2014. Landbruks- og matdepartementet vil invitere til dialog med dei fylkesmannsembeta det vedkjem for å gjennomføre endringa. Departementet gjer framlegg om å vidareføre avsetninga på 1,5 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift i 2014.
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
I jordbruksoppgjeret 2013 blei det avsett 225 mill. kroner for 2014, 100 mill. kroner er sett av til tilskott til drenering. Elles blir ordninga vidareført som tidlegare.
Investeringsstøtte til organisert beitebruk
Forskrift om tilskott til tiltak i beiteområde vidarefører føresegner om investeringar i fysiske installasjonar i beiteområde og elektronisk overvakingsutstyr, og opnar også for tilskott til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt. Vidare opnar forskrifta for å gje tilskott til enkeltbruk der det grunna naturgjevne eller driftsmessige tilhøve ikkje ligg til rette for samarbeid.
Erfaringane frå det nasjonale beiteprosjektet har vist at det er store utfordringar med å ajourføre organisering av beitelag og samarbeidsformer til endringar i buskapsstruktur og andre samfunnsinteresser. Dette arbeidet er ressurskrevjande, og det vil ofte vere behov for økonomisk bistand til prosjektleiing og til dømes juridisk kompetanse. Gjennomføring av slike prosessar er viktig for å skape føreseielege rammer for næringsdrift, samstundes som det gjev moglegheit til sameinte løysningar og har motiverande effekt på eksisterande og framtidige sauehaldarar.
Klima- og miljøprogram
Klima- og miljøprogram blei innført frå 2013 og er ein samanslåing av det tidlegare klimaprogrammet og ordninga informasjons- og utviklingstiltak miljø. Klima- og miljøprogrammet omfattar klimagassutslepp, klimatilpassing, vassmiljø og kulturlandskap og naturmangfald. Klima- og miljøprogrammet blir forvalta av SLF, og avsetninga blir vidareført i 2014 med 18 mill. kroner.
Biogass
Frå 2013 er det oppretta tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg. Tilskottet blir utbetalt til leverandøren av husdyrgjødsel. Det er sett av 2 mill. kroner i 2014. For fleire detaljer om tilskottet, sjå Prop. 164 S (2012–2013).
Støtte til verdsarvområda og til utvalde kulturlandskap
Avsetninga til verdsarvområda blir vidareført med 3 mill. kroner i 2014. Miljøverndepartementet bidreg i tillegg med 3 mill. kroner, jf. deira Prop. 1 S.
Avsetninga til utvalde kulturlandskap blir vidareført med 8 mill. kroner i 2014. Ordninga blir evaluert i 2013, og resultata vil liggje føre til jordbruksoppgjeret 2014. Midlane til verdsarvområde og utvalde kulturlandskap skal sjåast i samanheng med midlar på Miljøverndepartementets budsjett.
Energieffektivisering i veksthusnæringa
I jordbruksoppgjeret 2012 blei det sett i gang eit 3-årig prosjekt i regi av Norsk gartnarforbund. Prosjektet er ei oppfølging av prosjektet Spesialrådgjeving energi i veksthusnæringa. Prosjektet Energieffektivisering og redusert klimautslipp i veksthusnæringa har ei ramme på 1 mill. kroner per år i åra 2013 til 2015.
Utviklingstiltak for økologisk landbruk
I jordbruksoppgjeret 2013 blei det bestemt å flytte 13 mill. kroner av avsetninga til utviklingstiltak til høvesvis Norsk landbruksrådgjeving (6 mill. kroner) og Fylkesmannens utviklings- og tilretteleggingsmidlar over BU-ordninga (7 mill. kroner) frå 2014. Avsetninga til utviklingstiltak blir auka med 1 mill. kroner i 2014 slik at den totale avsetninga, etter flytting av midlar, blir 32 mill. kroner i 2014. Satsinga på føregangsfylka skal styrkast, både i form av auka ramme og nasjonalt ansvar. Ein skal vidare arbeide med å få inn gode prosjekt for heile verdikjeda.
Post 70 Marknadsregulering, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70.11 | Tilskott til marknadstiltak | 20 900 | 30 400 | 32 400 |
70.12 | Tilskott til råvareprisordninga | 153 824 | 179 000 | 216 000 |
70.13 | Tilskott til potetsprit og potetstivelse | 42 400 | ||
Sum post 70 | 174 724 | 209 400 | 290 800 |
Budsjettframlegg 2014
Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak
Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. Kostnadene ved marknadsregulering blir dekte av løyvinga til marknadstiltak over jordbruksavtalen og gjennom omsetnadsavgifta. Frå 2013 er 7,5 mill. kroner i tilskott til opplysningsverksemd for frukt, grønt og potet flytta til posten frå post 77, underpost 15. I jordbruksoppgjeret blei løyvinga styrkt med 2 mill. kroner. Budsjettet omfattar då følgjande tiltak:
Opplysningsverksemd og avsetningstiltak hagebruk: 3,9 mill. kroner
Kollektiv dekking av omsetnadsavgift hagebruk: 23,5 mill. kroner
Tilskott til kadaverhandtering: 5 mill. kroner
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 32,4 mill. kroner i 2014.
Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga
Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksportert. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.
Prisane på verdsmarknaden har variert mykje dei seinaste åra. Det påverkar løyvingsbehovet til RÅK-ordninga. Endringane i målprisar i jordbruksoppgjeret påverkar også løyvingsbehovet, partane var i år samde om ei auka løyving på 37 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 216,0 mill. kroner i 2014.
Underpost 70.13 Tilskott til prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse
Departementet viser til omtale av underpost 73.21 Tilskott til prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse og foreslår at ordninga blir flytta frå post 73 til post 70 i og med at forvaltninga av ordninga ikkje er i samsvar med ei overslagsløyving.
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit og potetstivelse gjennom marknadsordninga for potet. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 42,4 mill. kroner til ordninga i 2014.
Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap som oppstår ved produksjonssvikt forårsaka av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot, og ved katastrofeprega tap av sau på beite.
Posten omfattar følgjande ordningar:
Som følgje av klimatiske årsaker:
1. erstatning ved avlingssvikt i planteproduksjon
2. erstatning ved tap av bifolk, og svikt i honningproduksjon
3. tilskott til reparasjon av vinterskadd eng
4. tilskott ved rognebærmøllskader i epleproduksjon
Som følgje av katastrofeprega hendingar:
5. erstatning for tap av sau på beite
Det blir ikkje gjeve erstatning dersom tapet kan bli dekt gjennom allment tilgjengelege forsikringsordningar.
Erstatningsordningane som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg blir løyvde utanfor jordbruksavtalen, jf. kap. 1143, post 73.
Rapportering 2012
Dei samla utbetalingane over ordninga i 2012 var på 91 mill. kroner mot om lag 40 mill. kroner i eit normalår. Det skuldast store skader på avlingane særleg på Sør- og Austlandet i 2011 som følgje av store mengder nedbør og flaum. I slike år blir det stor saksmengd og krevjande sakshandsaming, og store delar av erstatningane først blir utbetalte året etter skadeåret. I 2012 var skadeomfanget meir som eit normalår.
Budsjettframlegg 2014
I jordbruksoppgjeret blei partane samde om å auke maksimalgrensa for erstatning etter avlingsskade frå 500 000 kroner til 750 000 kroner. Som følgje av det er budsjettet auka med 2 mill. kroner pr. år. Det blei også gjort mindre endringar i definisjon av vekstgrupper som ikkje har budsjettmessige konsekvensar.
For eit normalår har partane då lagt til grunn at det trengs ei løyving på 42 mill. kroner. Våren 2013 har vore særs vanskeleg for jordbruksføretaka på Austlandet med kaldt vêr, store mengder nedbør og flaum. Mange har fått gjort våronn for seint eller ikkje i det heile teke. Departementet reknar difor med at det vil bli klimaskade på avlingane i 2013 klart over eit normalår, og at dette vil auke løyvingsbehovet med 30 mill. kroner i 2014.
Departementet gjer etter dette framlegg om ei løyving på 72,0 mill. kroner i 2014.
Framlegget er basert på følgjande prognose for delordningane:
Erstatning ved avlingssvikt i planteproduksjon | 62,0 mill. kroner |
Erstatning ved tap av bifolk | 0,3 mill. kroner |
Erstatning for svikt i honningproduksjon | 2,8 mill. kroner |
Tilskott til reparasjon av vinterskadd eng | 4,0 mill. kroner |
Tilskott ved rognebærmøllskade i epleproduksjon | 0,2 mill. kroner |
Erstatning ved tap av sau på beite | 2,7 mill. kroner |
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
73.11 | Tilskott til norsk ull | 128 273 | 130 000 | 132 800 |
73.13 | Pristilskott mjølk | 553 452 | 576 700 | 609 700 |
73.15 | Pristilskott kjøtt | 628 525 | 658 900 | 833 050 |
73.16 | Distriktstilskott egg | 7 658 | 6 400 | 7 200 |
73.17 | Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet | 56 929 | 87 700 | 80 100 |
73.18 | Frakttilskott | 281 382 | 342 700 | 342 700 |
73.19 | Tilskott til prisnedskriving av norsk korn | 359 893 | 445 700 | 485 400 |
73.20 | Tilskott matkorn | 36 672 | 48 400 | 48 600 |
73.21 | Tilskott til prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse | 40 706 | 42 400 | |
Sum post 73 | 2 093 491 | 2 338 900 | 2 539 550 |
Budsjettframlegg 2014
For pristilskotta under jordbruksavtalen blir det fastsett satsar per eining. Løyvinga vil difor variere som følgje av endra volum under dei enkelte ordningane. For post 73 samla inneber ei volumjustering av prognosane i 2014 at forbruket på posten vil gå ned med 48,4 mill. kroner samanlikna med saldert budsjettet for 2013. Dei justerte satsane i jordbruksoppgjeret gjev ein auke på 293,0 mill. kroner. Det blir også foreslått ei flytting av administrasjonskostnader frå posten til kap. 1143, post 01 på 1,6 mill. kroner. Samla gjev dette ei auka løyving i 2014 på 243,0 mill. kroner samanlikna med 2013.
Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull
Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal også bidra til betring av kvaliteten på norsk ull, samt å sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.
I jordbruksoppgjeret var partane einige om ei auke i gjennomsnittssatsen på 1,00 kr per kg ull, tilsvarande 4,4 mill. kroner. Departementet foreslår at administrative kostnader på 1,6 mill. kroner til kvalitetsgradering og faglege tiltak under ordninga blir flytta til Statens landbruksforvaltning på kap. 1143, post 01.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 132,8 mill. kroner for 2014.
Underpost 73.13 Pristilskott mjølk
Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitmjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.
Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen.
Distriktstilskottet blir gjeve med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå null og opp til 180 øre per liter.
I jordbruksoppgjeret blei distriktsprofilen styrkt ved at satsane for distriktstilskottet for mjølk blei auka med 1 øre/liter i sone C og 2 øre/liter i sonene D-J. Dette gjev ei auka løyving på 18,0 mill. kroner. Satsen for grunntilskott til geitmjølk blei auka med 15 øre/liter, tilsvarande 3,0 mill. kroner. Volumprognosen gjev eit auka løyvingsbehov på 12,0 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 607,9 mill. kroner til pristilskott for mjølk for 2014. Denne er fordelt med 65,5 mill. kroner til grunntilskott geitmjølk, og 542,4 mill. kroner i distriktstilskott til all mjølk.
Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt
Underposten omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt. I jordbruksoppgjeret blei partane også einige om ei ny ordning med kvalitetstilskott for storfekjøtt.
Formålet med distriktstilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i produksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på 5 soner. Det blir også gjeve distriktstilskott til produksjon av gris i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet unnteke Rogaland. Produksjon av kylling/kalkun i same område på Vestlandet får også noko tilskott.
Formålet med grunntilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir berre gjeve til slakt av sau/lam og geit/kje.
I 2013 er det prognosert eit underskott på 10 600 tonn produsert norsk storfekjøtt i forhold til forbruket. I jordbruksoppgjeret blei partane einige om å etablere eit nytt tilskott med formål å stimulere til auka norsk storfekjøttproduksjon av god kvalitet. Ordninga er basert på at storfeslakt kvalitet O og betre får eit ekstra tilskott pr. kg kjøtt. Slakt av ku får ikkje tilskottet fordi det er ønskjeleg å byggje opp talet på mordyr. Partane sette av 164,7 mill. kroner til ordninga. Det er rekna med eit samla volum på 80,7 mill. kg av klasse O og betre som gjev ein sats på 3,70 kroner per kg.
Volumprognosen for 2014 viser noko auke i storfe, sau og lam tilsvarande om lag 10 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 833,1 mill. kroner i 2014. Av dette utgjer grunntilskottet 89 mill. kroner, distriktstilskott 579,4 mill. kroner og kvalitetstilskott 164,7 mill. kroner.
Underpost 73.16 Distriktstilskott egg
Formålet med ordninga er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i satsane, mens det er prognosert ei volumauke tilsvarande 0,8 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,2 mill. kroner i 2014.
Underpost 73.17 Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet
Underposten omfattar distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg.
Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren, og bidra til ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetnadforhold.
Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott til areal- og kulturlandskap. Det blir gjeve tilskott opp til eit maksimalt volum per føretak. I tillegg er det tak utbetalt tilskott til veksthusproduksjonane. Alle satsar og grenser blei hevde om lag 10 pst. i jordbruksoppgjeret. Samla innebar desse justeringane eit auka løyvingsbehov på 10,1 mill. kroner, mens volumprognosen reduserer løyvingsbehovet med 17,7 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 80,1 mill. kroner i 2014.
Underpost 73.18 Frakttilskott
Underposten omfattar tilskott til frakt av kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisar til produsent og forbrukar. Frakttilskott for egg blir berre gjeve til produksjon i Nord-Noreg, mens dei andre ordningane er baserte på at produsentane må dekke ein eigendel av kostnadane.
Etter at det har blitt gjort store endringar frakttilskotta både kjøtt og korn/kraftfôr dei seinaste åra, blei det ikkje gjort endringar i jordbruksoppgjeret i år.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 342,7 mill. kroner i 2014, fordelt med 130,0 mill. kroner til kjøtt, 8,2 mill. kroner til egg og 204,5 mill. kroner til korn og kraftfôr.
Underpost 73.19 Tilskott til prisnedskriving av norsk korn
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga, og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. For å fremje avsetjinga av økologisk korn og erter, blir det der gjeve høgare satsar. I jordbruksoppgjeret var partane einige om å auke satsen for prisnedskriving av korn med 8 øre/kg. Denne auken blir sett i verk frå 1. juli 2013, det same tidpunktet som kornprisane blir auka. I tillegg var partane einige om å auke prisnedskrivinga for økologisk korn og oljefrø med 40 øre/kg frå 1. juli 2014. Dette gjev eit auka løyvingsbehov på 90,4 mill. kroner, mens volumprognosane gjev eit redusert løyvingsbehov på 50,7 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 485,4 mill. kroner for 2014.
Underpost 73.20 Tilskott til matkorn
Tilskottet til matkorn har blitt gjeve til norske matmjølprodusentar på grunnlag av forbruk av både norskprodusert og importert korn. Formålet med ordninga er å halde prisen på matmjøl på eit nivå som kan sikre konkurransekrafta til norskprodusert matmjøl og bakevarer i forhold til import.
I jordbruksoppgjeret var partane einige om at løyvinga frå 1. juli 2013 berre skal gå til norskprodusert matkorn, slik som det generelle prisnedskrivingstilskottet. Den administrativt nedsette tollen på importert matkorn må justerast i samsvar med dette. Endringa inneber ei auka nedskriving av matkornet med 11 øre/kg. I tillegg blei partane i jordbruksoppgjeret einige om å auke løyvinga tilsvarande ytterlegare 1 øre/kg slik at samla prisnedskriving av matkornet blir auka med 20 øre/kg slik at auken i målpris på 20 øre/kg ikkje gjev auka råvarekostnad for bakeri- og mjølbransjen.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 48,6 mill. kroner i 2014.
Underpost 73.21 Tilskott til prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit og potetstivelse gjennom marknadsordninga for potet. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret.
Sjå elles omtale av underpost 70.13. Departementet foreslår at ordninga blir flytta frå post 73 til post 70 då forvaltninga ikkje er i samsvar med ei overslagsløyving.
Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
74.11 | Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon | 1 344 816 | 1 359 400 | 1 374 200 |
74.14 | Tilskott til husdyr | 2 358 603 | 2 427 400 | 2 512 900 |
74.16 | Beitetilskott | 728 225 | 750 900 | 784 600 |
74.17 | Areal- og kulturlandskapstilskott | 3 265 178 | 3 247 000 | 3 212 200 |
74.19 | Regionale miljøprogram | 428 896 | 428 500 | 448 500 |
74.20 | Tilskott til økologisk landbruk | 119 087 | 114 300 | 110 000 |
74.22 | Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel | 11 948 | 14 000 | |
Sum post 74 | 8 256 751 | 8 341 500 | 8 442 400 |
Budsjettframlegg 2014
Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon
Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen, jamne ut skilnader i lønnsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg, og mellom Jæren og resten av Sør-Noreg. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å styrkje økonomien i spesialisert kjøttfeproduksjon.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for driftstilskott til mjølkeproduksjon auka med 8 000 kroner per føretak i Nord-Noreg, og med 6 000 kroner for resten av landet. Dette utgjer ei auka løyving tilsvarande om lag 63 mill. kroner. Driftstilskott til kjøttfeproduksjon blei auka med 100 kroner per ku eller 4 000 kroner for føretak med meir enn 40 kyr. Det tilsvara ei auka løyving på knapt 6 mill. kroner.
For underposten samla inneber reduksjonen i talet på føretak ei innsparing på 54 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 374,2 mill. kroner for 2014.
Framlegget fordeler seg med 194,0 mill. kroner til kjøttfeproduksjon og 1 180,2 mill. kroner til mjølkeproduksjon.
Underpost 74.14 Tilskott til husdyr
Tilskottet skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal også støtte birøkt og husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som verneverdige.
Tilskottet blir gjeve per dyr/slakt/bikube. Satsane per eining blir avtrappa med aukande tal på einingar. Partane i jordbruksoppgjeret var einige om å innføre eit ny gruppe i ordninga med tilskott til hjort. Partane var vidare einige om at tilskottet til lammeslakt ikkje skal reknast inn under maksimalgrensa i utbetaling per år på 280 000 kroner per føretak. Det aukar utbetalingane med om lag 4 mill. kroner. Det blei også avtalt auka tilskottssatsar for sau/lam, avlsgris, bikubar, hjort og verneverdige storferasar tilsvarande 116 mill. kroner. Tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet reduserer løyvingsbehovet med 26 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 512,9 mill. kroner i 2014. Av dette utgjer tilskottet til verneverdige storferasar 5,4 mill. kroner og birøkt 12,5 mill. kroner.
Underpost 74.16 Beitetilskott
Underposten består av eit tilskott for dyr som beitar i utmark, og eit tilskott for dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett på tilskotta, og dei som får tilskott for dyr som beitar i utmark kan også få det generelle beitetilskottet for dei same dyra. Formålet med ordningane er å pleie kulturlandskapet gjennom å få mange dyr på beite, samt å få ei betre utnytting av utmarksbeiteressursane. Ordningane har også ei positiv effekt på dyrevelferda.
I jordbruksoppgjeret blei tilskottssatsane auka tilsvarande 42 mill. kroner, mens tilpassing av løyvingsbehovet reduserer løyvinga med 8 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 784,6 mill. kroner i 2014, som fordeler seg med 373 mill. kroner til dyr på utmarksbeite og 411,6 mill. kroner i generelt beitetilskott.
Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott
Underposten består av eit kulturlandskapstilskott med den same satsen per dekar til alt jordbruksareal som fyller vilkåra for arealtilskott, og eit arealtilskott der satsane per dekar er differensiert ut frå type produksjon og kvar i landet produksjonen skjer. Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet, og føretaka må mellom anna ha ein miljøplan for å oppnå maksimalt tilskott. Miljøplanen skal bidra til ein meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til vedlikehald og forbetring av miljøgode og kulturlandskap.
Som eit viktig tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gjeve tilskott per dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker og hagebruksvekstar med varierande satsar etter størrelse og geografisk plassering. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, mellom ulik storleik på føretaka og mellom distrikta.
I jordbruksoppgjeret var partane einige om ei auke i arealtilskottet til poteter på 15 kr/dekar. Elles blei det ikkje gjort endringar. Tilpassing av løyvinga til gjeldande arealfordeling gjev ei innsparing på 37 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3 212,2 mill. kroner i 2014. Dette fordeler seg med om lag 1 666,0 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 1 546,2 mill. kroner i arealtilskott.
Underpost 74.19 Regionale miljøprogram
Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vatn gjennom regionale og lokale tilpassa regelverk for økonomisk støtte.
Ordninga opnar for at fylka kan støtte tiltak som er mest målretta i sitt område, og vil bidra til å hindre gjengroing og stimulerer beiting og auka opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapportering tydar på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka og at det gjev auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.
Regionale miljøprogram har bidrege til gjennomføring av mange regionalt tilpassa miljøtiltak. Dette gjev betre måloppnåing fordi miljøutfordringane ikkje er like frå fylke til fylke.
Frå 2014 er også tilskott til miljøvennlege spreiemetodar av husdyrgjødsel innlemma i dei regionale miljøprogramma og løyvinga, jf. omtale under underpost 74.22.
Partane i jordbruksoppgjeret var einige om å styrkje løyvinga i 2014 med 20 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 448,5 mill. kroner i 2014.
Underpost 74.20 Tilskott til økologisk landbruk
Underposten dekkjer ordningane omleggingstilskott, ekstra arealtilskott og husdyrtilskott til økologisk produksjon.
Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av jordbruksproduksjonen skjer i form av økologisk produksjon.
I jordbruksoppgjeret var partane einige om å avvikle omleggingstilskottet med verknad for areal som blir lagt om frå 2014. Det får budsjettverknad først i 2015. Satsane er elles dei same som året før. Det gjev eit redusert løyvingsbehov med 4,3 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 110,0 mill. kroner i 2014. Dette fordeler seg med 13,5 mill. kroner i tilskott til omlegging, 57,0 mill. kroner i husdyrtilskott og 39,5 mill. kroner i arealtilskott.
Underpost 74.22 Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel
Ammoniakkutslepp frå jordbruket utgjer om lag 90 pst. av dei totale utsleppa av ammoniakk i Noreg. Husdyrgjødsel står igjen for om lag 90 pst. av jordbruksutsleppa, der den største delen kjem frå gjødselspreiing. Denne ordninga har finansiert eit pilotprosjekt med formål å auke den delen av gjødsla som blir spreidd med miljøvennleg spreieteknologi og/eller som blir molda ned. Pilotprosjektet starta opp i 2008, og har gått i 5 år.
Ei evaluering av ordninga viser til at denne typen spreiemetodar gjev ein betydeleg reduksjon av ammoniakkutslipp. Den gjev også lågare avrenning av fosfor og reduserer lukt. Tiltaket er difor innført som ei permanent ording under Regionale miljøprogram, og løyvinga er frå 2014 overført til post 74, underpost 19.
Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
77.11 | Tilskott til dyreavl m.m. | 88 281 | 90 670 | 90 670 |
77.12 | Tilskott til frøavl m.m. | 10 224 | 10 020 | 13 520 |
77.13 | Tilskott til rådgjeving | 48 500 | 52 000 | 82 500 |
77.14 | Tilskott til pelsdyrfôrlag | 23 200 | 23 200 | 23 200 |
77.15 | Tilskott til kvalitetstiltak | 38 164 | 48 700 | 52 900 |
77.17 | Tilskott til fruktlager | 13 000 | 11 000 | 13 000 |
Sum post 77 | 221 369 | 235 590 | 275 790 |
Budsjettframlegg 2014
Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.
Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal også sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.
Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og bidra til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.
Partane i jordbruksoppgjeret var også einige om å vidareføre løyvinga til eit prosjekt med formål å utvikle norske kjøttfeavl.
For 2014 er det prognosert 30,7 mill. kroner i tilskott til semintenester, 45,8 mill. kroner til veterinærreiser og 14,2 mill. kroner til avlsorganisasjonar.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 90,67 mill. kroner for 2014.
Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.
Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang av klimatilpassa såvare blir det også gjeve tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar. Såvarelageret av korn er under oppbygging, og det er prognosert ei auka løyving i 2014 med uendra satsar på 3,5 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,52 mill. kroner for 2014.
Underpost 77.13 Tilskott til rådgjeving
Formålet med ordninga er å bidra til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å legge eit økonomisk grunnlag for drift i dei lokale rådgjevingseiningane, slik at desse ved hjelp av tilskottet og eigenfinansiering kan drive rådgjeving som er lønnsam for medlemmane. Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre eit likeverdig rådgivingstilbod over heile landet. Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) har ansvar for å tilby ei landsdekkjande teneste knytt til teknisk planlegging i landbruket.
I jordbruksoppgjeret var partane einige om ei ekstra satsing på grøntsektoren hos NLR på 4,5 mill. kroner, og ei generell auke i grunntilskottet på 4,8 mill. kroner der auka norsk kornproduksjon skal ha prioritet. Partane var også einige om at avsetjinga til byggteknisk planlegging reduserast med 0,5 mill. kroner, og at avsetjinga til maskinteknisk rådgjeving blir auka med 0,7 mill. kroner.
Landbruket si HMS-teneste er ei ideell stifting oppretta av Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Den har som formål å organisere eit effektivt arbeid med helse-, arbeidsmiljø og tryggleik (HMS) i landbruket. Verksemda skal gje eit førebyggjande tilbod til alle gardbrukarar og tilsette i landbruket og bidra til at yrkesutøvarane sjølve tek ansvar for å betre arbeidsmiljøet og for å skape ein sikker arbeidsplass. Større oppslutning om ordninga gjev meir eigenfinansiering.
Partane i jordbruksoppgjeret var einige om ei formell samanslåing av Landbrukets HMS-teneste og Norsk Landbruksrådgjeving (NLR). Løyvinga til HMS over post 78.16 på 14 mill. kroner blir overført til NLR og øyremerka HMS-arbeid i landbruket. I tillegg blei det sett av 1 mill. kroner til å dekkje auka kostnader i samband med samanslåinga.
Partane i jordbruksoppgjeret var også einige om at arbeidet med rettleiing om økologisk landbruk blir innlemma i NLR sin ordinære portefølje, jf. omtalen av utviklingstiltak innafor økologisk landbruk. Det er sett av 6 mill. kroner til dette i 2014.
Total avsetning til NLR blir etter dette:
Grunntilskott forsøksringar | 48,8 mill. kroner |
Byggteknisk planlegging | 4,5 mill. kroner |
Maskinteknisk rådgjeving | 2,2 mill. kroner |
Grøntkampanje | 4,5 mill. kroner |
Rådgjeving økologisk landbruk | 6,0 mill. kroner |
Landbrukets HMS-teneste | 15,0 mill. kroner |
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 82,5 mill. kroner for 2014.
I tillegg mottar NLR 2,05 mill. kroner av avsette midler på 11 mill. kroner på post 77.15 til konkrete prosjekter som del av oppfølging av Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel.
Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôr
Underposten omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å bidra til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff til fôrkjøkken og utfrakt av ferdig fôr til pelsdyrfarmane. Ordninga skal fremje ei rasjonell omsetnad av fôr til pelsdyr og bidra til geografisk utjamning av produksjonskostnader.
Produksjon av pelsdyrskinn har ikkje noko grensevern, og tilskott til pelsdyrfôr er ein refusjon av fôrkostnader knytt til meirkostnader som følgje av det norske grensevernet på korn og kornsubstitutt. Refusjonsordninga skal bidra til at fôrkostnadene i næringa blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden. Formålet er å gje norskproduserte pelsdyrskinn likeverdige konkurranseforhold med andre land.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 23,2 mill. kroner i 2014. Løyvinga er fordelt med 17,8 mill. kroner til frakt av pelsdyrfôr og 5,4 mill. kroner i kostnadskompensasjon til pelsdyrfôr.
Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak
Underposten inneheld ordningar som skal bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.
Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe den norske potet- og grøntnæringa plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar, og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gje tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet.
Formålet med Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel er todelt:
Redusere avhengigheta av kjemiske plantevernmiddel
Redusere risikoen for helse og miljø ved bruk av kjemiske middel
Ei arbeidsgruppe med representantar frå partane i jordbruksoppgjeret er sett ned for å følgje opp handlingsplanen.
I jordbruksoppgjeret var partane einige om ei auka avsetjing på 4,2 mill. kroner, fordelt med 1 mill. kroner til handlingsplanen for plantevernmiddel, 2,2 mill. kroner til utvikling av plantemateriale og 1 mill. kroner til sortsforsøk.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 52,9 mill. kroner i 2014 som er fordelt på følgjande tilskottsordningar (i mill. kroner):
Utvikling av plantemateriale – oppformering | 11,00 mill. kroner |
Utvikling av plantemateriale – «Graminor» | 22,46 mill. kroner |
Utvikling av plantemateriale – «Pre-breeding» | 1,20 mill. kroner |
Kvalitetstiltak settepotetavl | 7,24 mill. kroner |
Handlingsplan plantevernmiddel | 11,00 mill. kroner |
Løyvinga for å følgje opp handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel blir tildelt aktørar som søkjer på konkrete prosjekt. For 2014 er fordelinga 5,15 mill. kroner til Bioforsk, 3,8 mill. kroner til Mattilsynet og 2,05 mill. kroner til Norsk Landbruksrådgjeving.
Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager
Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremje eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetnad av frukt som bidreg til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt. Partane i jordbruksoppgjeret var einige om ei auka avsetjing på 2 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13 mill. kroner til ordninga i 2014.
Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
78.11 | Tilskott til avløysing for ferie/fritid | 1 147 316 | 1 168 319 | 1 174 119 |
78.12 | Tilskott til avløysing for sjukdom m.m. | 164 109 | 190 500 | 186 400 |
78.14 | Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket | 88 000 | 88 000 | 88 000 |
78.15 | Tilskott til landbruksvikarordninga | 71 784 | 69 000 | 62 000 |
78.16 | Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar | 91 638 | 93 035 | 91 235 |
Sum post 78 | 1 562 848 | 1 608 854 | 1 601 754 |
Budsjettframlegg 2014
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid
Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til finansiering av innleie av arbeidskraft.
Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på føretaka. Tilskottet blir gjeve for faktiske lønnsutgifter etter rekneskap og lønns- og trekkoppgåver.
I jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 3,9 pst., og det maksimale tilskottet per føretak blei auka med 3 000 kroner til 72 000 kroner per føretak. Det gjev ei auka løyving på om lag 44 mill. kroner, mens reduksjon i talet på dyr og i talet på føretak gjev ei innsparing på 38 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 174,1 mill. kroner for 2014.
Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.
Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon, heilårs veksthusproduksjon og planteproduksjon i onneperiodar og når brukaren av særlege grunnar ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.
Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gjeve for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk.
I jordbruksoppgjeret var partane einige om å auke den maksimale dagsatsen 1 400 kroner til 1 500 kroner per dag. Dette styrkjer også landbruksvikarordninga. Det gjev ei auka løyving på 12 mill. kroner, mens forbruksprognosen gjev ei innsparing på 16 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 186,4 mill. kroner for 2014.
Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i landbruket
Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gjev rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2014.
Underpost 78.15 Tilskott til landbruksvikarordninga
Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved alvorleg skade eller sjukdom. I 2008 blei det etablert ei ny landsdekkjande landbruksvikarordning gjennom avløysarlaga. Det er eit mål at ordninga vil nå eit omfang på 240 årsverk. Maksimal støtte per årsverk er 270 200 kroner.
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 62 mill. kroner for 2014.
Landbruket si HMS-teneste er ei ideell stifting oppretta av Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Som gjort greie for under omtalen av post 77.13, er det foreslått at denne ordninga skal slåast saman med resten av verksemda til Norsk Landbruksrådgjeving og at løyvinga blir flytt til den posten.
Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar
Formålet med ordninga er å bidra til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Noko redusert utnytting av ordninga gjev ei prognosert innsparing på om lag 2 mill. kroner i 2014.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 91 mill. kroner for 2014.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70 | Tilbakebetalte tilskott til reguleringsanlegg | 3 701 | ||
85 | Marknadsordninga for korn | 36 953 | 59 520 | 59 520 |
Sum kap. 4150 | 40 654 | 59 520 | 59 520 |
Post 70 Tilbakebetalte tilskott til reguleringsanlegg
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er at Omsetningsrådet krev tilbakebetalt midlar løyva til reguleringsanlegg som ikkje lenger nyttas i samsvar med føresetnaden for løyvinga. Partane i jordbruksoppgjeret kan omdisponere desse midlane til andre tiltak innafor ei uendra ramme på jordbruksavtalen.
Rapportering 2012
Av løyvingar gjeve frå jordbruksavtalen til marknadsreguleringsanlegg som ikkje lengre blir nytta til slik regulering blei det i 2012 betalt tilbake 3,7 mill. kroner frå 4 av Nortura sine anlegg i Namsos, Oppdal, Sortland og Ålesund.
Budsjettframlegg 2014
Departementet er ikkje kjent med at det vil bli betalt tilbake midlar frå omdsponerte reguleringsanlegg i 2014.
Post 85 Marknadsordninga for korn
Formål med løyvinga
Ordninga har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr. I jordbruksavtalen blir det rekna ut målprisar for protein og fett som gjev om lag den same råvareprisen for energien i desse varene som for norsk korn. Råvarer som til dømes soya blir ikkje pålagt toll når dei blir importert til mat. Den delen av dette som blir brukt til produksjon av kraftfôr til husdyr blir da pålagt ei prisutjamning. Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer.
Rapportering 2012
Innbetalte prisutjamningsbeløp var i 2012 om lag i samsvar med budsjett.
Budsjettframlegg 2014
Prisauke på norsk korn i jordbruksoppgjeret gjev auka målpris på protein og høgare prisutjamningsbeløp. Prisutjamningsbeløpet er også påverka av prisane på verdsmarknaden. Prisane på verdmarknaden for soya og andre proteinråvare har vore så høg at det no ikkje blir tillagt noko prisutjamningsbeløp. Sjølv om målprisane på korn i Noreg blei auka i jordbruksoppgjeret har ein ikkje rekna med at det vil gje grunnlag for auka prisutjamningsbeløp over denne ordninga.
Departementet gjer framlegg om ei løyving i 2014 på 59,520 mill. kroner.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
51 | Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet | 43 346 | 34 100 | 33 100 |
72 | Tilskott til organisasjonsarbeid | 6 100 | 6 100 | 6 100 |
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast | 46 313 | 62 400 | 67 700 |
79 | Velferdsordningar, kan overførast | 1 787 | 1 900 | 2 600 |
Sum kap. 1151 | 97 546 | 104 500 | 109 500 |
Formål med løyvinga
Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.
Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen blir dei sentrale økonomiske verkemidla drøfta, mellom anna ut frå dei behova og utfordringane næringa til ei kvar tid står overfor.
For nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken, og resultata frå dei ulike tiltaka som sorterer under reindriftsavtalen, viser departementet til omtale under kat. 15.30, Prop 104 S (2012–2013) Reindriftsavtalen 2013/2014 og Innst. 308 S (2012–2013). Nærare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapittelet går fram av budsjettframlegg for 2014.
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Tilsvarande som for tilskottforvaltninga under kapittel 1150, er det behov for tilpassingar i forhold til normale prosedyrar for ordningar under kapittel 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75 og velferdsordningar under post 79 er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Økonomisk utval for reindrifta i forkant av dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. For ordningane under postane 75 og 79 er det ikkje aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane.
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Statens reindriftsforvaltning (SRF). Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kapittel 1147. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre uviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Noreg. I samband med dette har departementet klargjort ansvar og oppgåver for Innovasjon Noreg. Vidare er det på ein del område eit styre som forvaltar ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskottsmidlar, mens SRF er sekretariat for styret.
Rapportering 2012
Reindriftslova av 2007 skal gje grunnlag for ei god indre organisering og forvaltning av reindrifta. I tillegg skal reindriftsnæringa etter lova, gjennom internt sjølvstyre, sjølve spele ei aktiv rolle og ha ansvaret for at reindrifta er berekraftig. Eit sentralt verktøy i denne samanhengen er bruksreglane. Dei tre siste åra har styresmaktene sitt arbeid vore prega av bistand og tett oppfølging av næringa sitt arbeid med å utarbeide bruksreglar. I bruksreglane skal det til dømes lagast eigne reglar som skal regulere beitebruk og talet på rein i distrikta.
Ved utgangen av 2011 hadde sommar- og heilårsdistrikta fått godkjend bruksreglane sine. Dette gjaldt både områdestyra si godkjenning av bruksreglene og Reindriftsstyrets stadfesting og fastsetjing av den enkelte siidaen sitt reintal. For ein del førte klagebehandling til at endeleg vedtak først låg føre i 2012. Ut frå godkjende bruksreglar, skal talet på rein reduserast med om lag 40 000 rein.
Der reintalet er for høgt samanlikna med det som er fastsett, skal det skje ein reduksjon i samsvar med reindriftslova § 60 tredje ledd, primært gjennom ein reduksjonsplan utarbeidd av siidaen, sekundert gjennom ein forholdsmessig reduksjon.
Svært få av siidaene blei einige om ein reduksjonsplan i samsvar med lova. Dette førte til at Reindriftsstyret hausten 2012 sende ut varsel om gjennomføring av forholdsmessig reduksjon av talet på rein. I februar 2013 vedtok Reindriftsstyret fristar for ein forholdsmessig reduksjon. I dei siidaene som må redusere reintalet sitt, har kvar siidaandel fått fastsett ein frist for reduksjon av flokken sin. Heile reduksjonen skal gjennomførast i løpet av 1 til 3 år, avhengig av kor mange dyr distriktet skal redusere med.
Tal frå rekneskapen i totalkalkylen viser ein nedgang i resultatoppnåinga frå 2010 til 2011. Det totale vederlaget for arbeid og eigenkapital er redusert frå 160,9 mill. kr til 136,0 mill. kr. Denne reduksjonen skuldast i hovudsak ein nedgang i kjøttinntektene og i tilskotta. Foreløpige tal viser at den negative trenden heldt fram i 2012. Hovudårsaken til dette er ein reduksjon i slakteuttaket og i gjennomsnittsprisen til reineigar. Dette skjer på tross av at produsentprisen hadde ein mindre auke for rein i dei høgare vektklassene frå 2011 til 2012.
Marknadssituasjonen har etter fleire vanskelege år vore god i 2012. Med bakgrunn i ein reduksjon i slakteuttaket i 2012 har det auka salet bidrege til at lagerbehaldninga til reguleringslageret er tømt og til ein reduksjon av lageret til den enkelte bedrift.
Budsjettframlegg 2014
Reindriftsavtalen for 2013/2014
Den 20. februar kom Staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) fram til ei avtale for 2013/2014. Reindriftsoppgjeret for 2013/2014 har ei ordinær ramme på 109,5 mill. kroner. Dette er ein auke på 5,0 mill. kroner i forhold til Reindriftsoppgjeret 2012/2013.
Hovudmålet med Reindriftsavtalen 2013/2014 er å leggje til rette for auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. Avtalepartane har sett det som serleg viktig at verkemidla over reindriftsavtalen blir samordna slik at ein på ein mest mogleg effektiv måte når dei fastsette måla. Reindriftsavtalen 2013/2014 gjer nettopp det ved at den legg til rette i alle ledd for å nå dei reindriftspolitiske måla. Infrastrukturen i reindrifta blir styrkt. Reineigarane blir stimulerte til auka slakteutak gjennom ein ekstraordinær auke av det produksjonsretta tilskottet. Det skal etablerast eit felles klassifiseringssystem for reinsdyrkjøtt. Samstundes skal det etablerast eit nytt rapporteringssystem som sikrar laupande rapportering frå slakteri- og vidareforedlingsbedriftane. Riktig rapportering er avgjerande for Marknadsutvalet sitt arbeid. I tillegg er budsjett til Marknadsutvalet auka for å kunne leggje til rette for ein styrking av marknadskampanjane.
Utover den ekstraordinære auken av det produksjonsretta tilskottet, blir dei direkte tilskotta vidareført. Denne vidareføringa legg til rette for auka slakting og produksjon, samstundes som den skaper føreseielegheit for den enkelte reineigaren.
Den framforhandla avtalen forsterkar ytterlegare den næringsretta merksemda og stør opp om forvaltninga av reindrifta som ei næring. Ved at avtalen legg til rette i alle ledd i verdikjeda for auka slakting og omsetnad av reinkjøtt, gjev avtalen grunnlag for ein positiv utvikling og auka inntening hjå den enkelte reineigaren. Samstundes underbyggjer den framforhandla avtalen den dreiinga ein har hatt i reindriftsavtalen sine virkemiddel dei siste åra, med ein tilrettelegging for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudverksemd.
Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2014 i samsvar med Stortinget si behandling av reindriftsavtalen for 2013/2014, jf. Innst. 308 S (2012–2013). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for formål og innhald i dei ulike ordningane. Nærare omtale finst i Prop. 104 S (2012–2013) og Innst. 308 S (2012–2013).
Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet
Reindriftas Utviklingsfond (RUF) skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla. Frå fondet blei det gjort følgjande avsetjingar:
1,0 mill. kroner til kvinneretta tiltak,
2,0 mill. kroner til Sametinget sine tilskottsordningar til næringsutvikling (STN),
1,45 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak,
8,2 mill. kroner over RUF til Reinprogrammet
2,0 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga,
5,0 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak,
5,3 mill. kroner til pramming av rein
1,0 mill. kroner til SANKS prosjektet Reindriftens hverdag
Avsetjingane over midlane til RUF utgjer totalt 33,1 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 1,0 mill. kroner i forhold til Reindriftsavtalen 2012/2013.
Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid
Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet til Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er sett til 6,1 mill. kroner, av dette 200 000 kroner til HMS-tiltak i reindrifta.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
75.11 | Frakttilskott | 1 690 | 1 900 | 3 000 |
75.12 | Tilskott til driftseiningar og tamreinlag | 34 337 | 50 600 | 54 400 |
75.13 | Distriktstilskott | 10 286 | 9 900 | 10 300 |
Sum post 75 | 46 313 | 62 400 | 67 700 |
Tilskotta skal bidra til å fremje berekraft, kvalitet og produktivitet i reindrifta, heve inntekta og verke utjamnande mellom einingar i næringa. Regjeringa gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 67,7 mill. kroner for 2014, jf. omtalen nedanfor.
Underpost 75.11 Frakttilskott
Føremålet med frakttilskottet er å bidra til å jamne ut prisane på reinkjøtt til reineigarane i ulike distrikt og å bidra til utjamning av fraktkostnader til marknaden. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 3,0 mill. kroner.
Underpost 75.12 Tilskott til driftseiningar og tamreinlag
Dette tilskottet er inndelt i følgjande ordningar:
Produksjonspremie: Føremålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Produksjonspremien til siidaandelane blir rekna med 31 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 0,6 mill. kroner per siidaandel og 1 mill. kroner pr tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av siidaandelen. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 29,0 mill. kroner til produksjonspremie.
Driftstilskott: Føremålet med ordninga er å kompensere for nokre av utgiftene i reindrifta. Tilskottet blir utbetalt med ein sats på 10 000 kroner per siidaandel i alle reinbeiteområda. I dei siidaandelane der kvinner står som enkeltinnehavarar eller eigaren av siidaandelen er under 30 år per 1.1.2014, er driftstilskottet på 25 000 kroner. Det er sett av 5,3 mill. kroner til driftstilskot.
Etableringstilskott: Ordninga med tilskott ved overdraging av siidaandel blir vidareført med ein sats på 80 000 kroner det første året, deretter settes satsen til 65 000 kroner dei to påfølgande åra. Det er sett av 2,2 mill. kroner til etableringstilskott.
Kalveslaktetilskott: Satsen for tilskottet er 275 kroner pr kalv. Kalveslaktetilskottet er avgrensa til å gjelde slakt i perioden frå 15.8.-31.12.2013 for å stimulere til størst mogeleg haustslakting. Det er sett av 15,4 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott.
Ektefelletillegg: Ordninga med tillegg til siidaandelar der begge ektefellane eller sambuarane driv aktiv reindrift blir vidareført med ein sats på 42 500 kroner. Det er sett av 2,5 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.
Totalt blir det gjort framlegg om ei løyving på 55,5 mill. kroner.
Underpost 75.13 Distriktstilskott
Føremålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Dette inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikring av areala til reindrifta, auka lønnsemd og tilrettelegging for kriseberedskap. Forutan krav om at distrikta oversender revisorgodkjend rekneskap innan ein gjeven frist, blir det gjeldende regelverket videareført. Gjeldande satsar blir vidareført unnateke tilskott til distrikt 16 i Aust-Finnmark reinbeiteområde. For dette distriktet aukar tilskottet per siidaandel til 18 300 kroner.
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 10,3 mill. kroner.
Post 79 Velferdsordningar
Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med tidlegpensjon. Satsen for einbrukarpensjon er 100 000 kroner pr år, og tobrukarpensjon er sett til 160 000 kroner. Posten omfattar ordninga med Medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga. Som eit tiltak i arbeidet med å tilpasse talet på rein til beitegrunnlaget er aldersgrensa for å søke om tidlegpensjon redusert frå 62 år til 57 år. Det blir vidare opna for at det kan gjevast tidlegpensjon for det tidsrommet det blir ytt avtalefesta pensjon.
Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap/fødsel. Tilskottet skal bidra til å styrkje stillinga til kvinner i reindrifta. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane blir ført vidare.
Det er sett av 0,6 mill. kroner til sjukepengordninga. Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for ei auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir også gjevne med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 2,6 mill. kroner.
Kap. 1161 Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70 | Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver | 12 673 | 13 091 | 13 549 |
75 | Tilskott til oppsyn i statsalmenningar | 9 296 | 9 603 | 9 939 |
Sum kap. 1161 | 21 969 | 22 694 | 23 488 |
Post 70 Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver
Formål med løyvinga
Formålet med Statskog SF sitt arbeid med forvaltningsoppgåver er å sikre at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane, blir sikra i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningsliner. Føretaket skal arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Samstundes er det knytt kostnader til å ha oppsyn med og å leggje til rette for bruk av store areal der det ikkje er aktuelt med næringsverksemd. Forvaltningsoppdraget er regulert i ein eigen avtale.
Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar, og oppgåvene er særleg knytte til virkesutvising i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.
Vidare utfører Statskog SF offentlegrettslege oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, handsamar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane. Administrasjonsutgiftene under tilskottsforvaltninga for post 75 Oppsyn i statsallmenningar går også inn her.
I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene, har Statskog SF ei rekkje oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningsliner frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn og kontakt med brukarar av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat for naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging bidra til å sikre naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit geografisk areal på knapt 40 mill. dekar. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgjevarar, mellom anna miljøvernstyresmaktene. Statskog SF har inngått ein samarbeidsavtale med Statens naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO.
Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive eit aktivt friluftsliv på føretaket sine areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.
Rapportering 2012
På post 70 er det i 2012 rekneskapsført 12,7 mill. kroner, som er i samsvar med løyvinga. Rekneskapen viser at det er nytta 1,8 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane i 2012. Dette er på same nivå som året før. Om lag 26 000 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda. Totalt utgjer avverka kvantum i 2012 om lag 48 pst. av balansekvantum. Det blei brukt 0,5 mill. kroner til offentlegrettslege oppgåver der føretaket har handla som offentleg styresmakt.
Vidare viser rekneskapen at det i 2012 blei brukt 4,7 mill. kroner til oppsyn, ein auke på om lag 0,3 mill. kroner samanlikna med 2011. Oppsynet rettar seg mot førebyggjande verksemd, ordinært oppsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala. I 2012 har mykje av oppsynet retta seg mot fjerning av søppel, riving av ulovlege bygg og opprydding.
Til arbeidet med friluftsliv blei det i 2012 brukt om lag 4,5 mill. kroner, ein auke på om lag 0,2 mill. kroner i forhold til 2011. Prioriterte tiltak i 2012 omfattar tilsyn og vedlikehald av etablerte anlegg som bruer, turvegar, rasteplassar og opne buer, i tillegg til informasjonsarbeid. Tiltaka er utførte i samsvar med føretaket sin eigen Handlingsplan for friluftslivet 2009 – 2012.
Det er i 2012 lagt vekt på samarbeid og kontakt med reindriftsutøvarane og reindriftsforvaltninga. Statskog har i 2012 inngått ein avtale med Norske Reindriftssamers Landsforbund og det er oppretta eit regionutval for Nordland og Troms som vil kunne styrkje dialogen med reindriftsnæringa. Statskog har inngått ein avtale med Sametinget i 2012 med same føremål.
Grunneigarfondet
Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond kalla Grunneigarfondet. Dette gjeld mellom anna inntektene frå fritidsfestekontraktar i statsallmenningane. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Fondet skal etter samråd med Fjellstyresambandet mellom anna nyttast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. Storleiken på dei årlege inntektene er viktig for tiltaka som skal leggje til rette for auka aktivitet i statsallmenningane.
Grunneigarfondet var per 31.12.2012 på 5,3 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 1,2 mill. kroner samanlikna med 2011. Økonomien i Grunneigarfondet er avgjerande for omfanget av og kvaliteten på Statskog SF sin administrasjon og forvaltning og føretaket si moglegheit for å bruke midlar til tiltak.
Allmenningsfonda var per 31.12.2012 på 52,6 mill. kroner. Fonda skal saman med avsett skogfond på opp mot 1 mill. kroner nyttast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenningen.
Budsjettframlegg 2014
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,549 mill. kroner.
Posten omfattar tilskott til Statskog SF sitt arbeid med dei oppgåvene som er omtalte i avtale mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet om delegerte myndighetsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver.
Statskog SF sine oppgåver knytte til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei med bruksrett, skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar med vidare.
Det vil i 2014 vere behov for å føre tilsyn med Statskog SF sine areal, mellom anna for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. I tillegg er det behov for service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka. Eksempel på slike brukarar er reindriftsnæringa, når det gjeld arealbrukskonfliktar og auka jegertrykk; og forsvaret, når det gjeld grunn som ikkje blir festa, men rekvirert ved øvingar. Service og tilsyn med brukarar er mellom anna viktige oppgåver for Fjelltenesta i Nordland og Troms.
Vidare skal Statskog SF i 2014 halde fram arbeidet med å leggje til rette for allmenta si bruk av og tilgang til areala. Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod som fremjar sikkerheit og vern av kulturminne, og informasjon om tilboda. Det er behov for vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturelement som bør haldast i stand så langt som mogeleg. Statskog SF er no i ferd med å selje ein del av desse husværa, men det vil framleis vere utfordringar knytte til vedlikehald av damanlegg, husvære o.a. som treng opprusting.
Post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar
Formål med løyvinga
Posten dekkjer tilskott til fjellstyra sine oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova. Fjellstyra kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn blir lønte av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsynsmenn er skjedd i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene frå denne posten. Ordninga skal leggje til rette for å ivareta samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar. Fjellstyret gjev ein instruks for oppsynstenesta, som blir godkjend av Statskog.
Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 mill. dekar, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for befolkninga sin rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har til oppgåve å bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Dei skal førebyggje miljøkriminalitet og bidra til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldne, utføre oppgåver for grunneigaren (Statskog SF) m.m. Som eit ledd i dette arbeidet, driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervaking og kontroll. Oppsynsmenn kan bli gjevne politifullmakt etter lov av 4. aug 1995 nr. 53 § 20 om politiet. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.
Rapportering 2012
I 2012 blei det gjeve 9,2 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av fjellstyra sine budsjett, rekneskap og rapportering og etter ein nøkkel som tilgodeser små fjellstyre. Noko under halvparten av tilskottet er brukt på feltarbeid knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukte til sakshandsaming og anna innearbeid som gjev rett til tilskott. Samanlikna med 2011 er det ein auke i innearbeidet og ein tilsvarande nedgang i utearbeidet, noko som truleg skuldast aukande krav til saksbehandling og medverknad i offentleg planlegging, verneplanar med meir. For 2012 er det rapportert om 7 385 kontrollar, ein svak auke samanlikna med 2011. Det er knytt noko usikkerheit til tala, då rapporteringa ikkje har vore heilt lik frå år til år. Som dei siste åra, er det utført flest kontrollar av fiske og jakt, mens kontroll av motorferdsel, vernereglar og anna berre står for ein liten del av den samla aktiviteten. Det er rapportert om 52 ulovlege forhold. Dette er ein nedgang frå 2011, og framleis lågt samanlikna med situasjonen tidleg på 2000-talet.
Budsjettframlegg 2014
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 9,939 mill. kroner. Fjelloppsynet omfattar i dag om lag 60 årsverk. Departementet meiner at løyvinga på posten gjev grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet.
Oppsyn i statsallmenning skjer både gjennom fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO driv. Fjelloppsynet si lokale forankring og kunnskap er eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er nødvendig med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.
Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
90 | Avdrag på lån | 100 000 | 50 000 | 50 000 |
Sum kap. 4162 | 100 000 | 50 000 | 50 000 |
Post 90 Avdrag på lån
Budsjettframlegg 2014
Departementet legg til grunn at auka eigenkapital frå inntektene frå arronderingssalet som starta hausten 2011, blir nytta til avdrag på det statlege lånet Statskog SF fekk i samband med oppkjøpet av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF. Føretaket står fritt til å betale avdrag utover årleg minimumsavdrag på 10 mill. kroner. Med utgangspunkt i prognosane for salet i 2014 er forventa avdrag sett til 50 mill. kroner.
Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70 | Avgifter i matforvaltninga | 156 958 | ||
71 | Totalisatoravgift | 144 191 | 125 000 | 125 000 |
Sum kap. 5576 | 301 149 | 125 000 | 125 000 |
Post 70 Avgifter i matforvaltninga
Sektoravgiftene i matforvaltninga blei avvikla frå 1. januar 2012.
Post 71 Totalisatoravgift
Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.
I 2012 var den samla omsetnaden på totalisatorspel 3 879 mill. kroner. Dette var noko høgare enn året før. For 2014 er det budsjettert ut frå ei samla omsetnad på om lag 3 400 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving under posten på 125 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn ein uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetnaden.
For å hindre uønskt reklame er det fastsett reglar for å avgrense marknadsføringa av lovlege spel. Lotteri- og stiftingstilsynet har fått oppgåva å kontrollere alt spel i Noreg. Dette inneber også ansvaret for kontroll med at totalisatorspelet er i samsvar med det spelereglement som er godkjent av Landbruks- og matdepartementet.
Programkategori 15.40 Forretningsdrift
Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet | 4 590 | 5 000 | 5 000 | 0,0 |
5652 | Renter og utbytte – Statskog SF | 63 112 | 49 800 | 125 700 | 152,4 |
Sum kategori 15.40 | 67 702 | 54 800 | 130 700 | 138,5 |
Landbruks- og matdepartementet forvaltar, på vegne av staten, statsføretaket Statskog SF, samt staten sine aksjeinteresser i aksjeselskapa Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS, Graminor AS, Staur gård AS, Kimen Såvarelaboratoriet AS, Instrumenttjenesten AS og ITAS Eierdrift AS.
Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
85 | Utbytte | 4 590 | 5 000 | 5 000 |
Sum kap. 5651 | 4 590 | 5 000 | 5 000 |
Post 85 Utbytte
Landbruks- og matdepartementet med underliggjande verksemder forvaltar den statlege eigarskapen i Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO) og dei mindre selskapa Graminor AS, Intrumenttjenesten AS, ITAS Eierdrift AS, Staur Gård AS og Kimen Såvarelaboratoriet AS. i 2014 blir det budsjettert med eit utbetalt utbytte på 5 mill. kroner frå VESO, mens det ikkje blir budsjettert med utbytte frå dei andre selskapa.
Det er eit mål for den statlege eigarskapen at selskapa oppnår langsiktig avkastning på den investerte kapitalen. For selskap der staten har forretningsmessige mål med eigarskapen er slik avkastning det sentrale omsynet i eigarskapsforvaltninga, jf. Meld. St. nr. 13 (2010–2011) Aktivt eierskap der regjeringa sine forventningar til utbytte og avkastning er omtalte under pkt. 5.4.1.
Statleg investering i selskapa under Landbruks- og matdepartementet er ikkje gjort av forretningsmessige grunnar, men med andre føremål enn avkastning og utbytte til eigarane. Sentralt for dei fleste selskapa er at dei kan tilby gode varer og tenester til sektoren. Det har difor ikkje vore sett nærare på avkastningskrav eller utvikla ein eigen utbyttepolitikk for desse selskapa, bortsett frå for Graminor AS, som har utarbeidd ein strategi basert på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet.
Tabell 2.14 Oversikt over aksjeselskap under Landbruks- og matdepartementet
(i 1000 kroner) | ||||
---|---|---|---|---|
Eigardel 31.12.2012 | Resultat 2012 | Utbytte utbetalt 2013 | Venta utbytte utbetalt 2014 | |
Graminor AS | 34,0 % | 5 032 | 598 | 0 |
Instrumenttjenesten AS | 100,0 % | 959 | 0 | 0 |
ITAS Eierdrift AS | 100,0 % | -197 | 0 | 0 |
Kimen såvarelaboratoriet AS | 51,0 % | 640 | 255 | 0 |
Staur gård AS | 100,0 % | 223 | 0 | 0 |
Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS | 34,0 % | 30 804 | 10 200 | 5 000 |
Sum | 37 461 | 11 053 | 5 000 |
Graminor AS
Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetnad av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150 post 77.15.
Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens Bioforsk forvaltar 5 pst. og Universitetet for miljø- og biovitskap 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.
Graminor AS hadde i 2012 ein omsetnad på 53,1 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 5,03 mill. kroner. Overskottet er i hovudsak knytt til den forretningsmessige delen av verksemda og skuldast mellom anna lågare kostnader knytt til omsetnad av sertifisert såkorn og nokre vakansar i stillingar. Det blei utbetalt utbytte på i alt 2,12 mill. kroner for 2012, av dette 598 200 kroner til Landbruks- og matdepartementet. Resten av overskottet er tilført selskapets eigenkapital.
Graminor AS har utarbeidd ein strategi for verksemda, og den er lagt til grunn for budsjettet for 2014. I strategien blir verksemda skissert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon, samt planteforedling på vegne av staten. I strategien til verksemda er det lagt til grunn ein langsiktig utbyttepolitikk basert på stabilitet og på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det blir difor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2014.
Instrumenttjenesten AS
Instrumenttjenesten AS blei etablert i 1991 for å levere datatenester til seks forskingsinstitusjonar som også var eigarar. Kundeforholdet til eigarane blei i 2010 overført til ITAS Eierdrift AS.
Instrumenttjenesten AS leverer tenester, system og utstyr til forskingsinstitusjonar, næringsliv og forvaltning for bruk innanfor miljøovervaking, meteorologi, hydrologi og geoteknikk. Statens føremål med eigarskapen er å leggje til rette for effektiv forsking og utvikling i sektoren. Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 60 prosent av aksjane, mens verksemder under Kunnskapsdepartementet forvaltar dei resterande 40 prosentane.
Instrumenttjenesten AS hadde i 2012 ein omsetnad på 7,2 mill. kroner og eit resultat etter skatt på minus 0,2 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2014.
ITAS Eierdrift AS
ITAS Eierdrift AS blei etablert i 2009 og driftar sentrale datasystem og system og utstyr for klimamålingar for eigarane. Slike tenester blei før 2010 utført av Instrumenttjenesten AS.
Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 76 prosent av aksjane, mens verksemder under Kunnskapsdepartementet forvaltar dei resterande 24 prosentane.
ITAS Eierdrift AS hadde i 2012 ein omsetnad på 22,7 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 1,0 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2014.
Kimen Såvarelaboratoriet AS
Kimen Såvarelaboratoriet AS blei skilt ut frå Mattilsynet i 2004. Selskapet er kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar, og har status som nasjonalt referanselaboratorium på såvareanalysar. Selskapet rettar verksemda si mot såvarebransjen og forvaltninga. Sal av laboratorieanalysar og tenester, mellom anna til Mattilsynet, og rettleiing og opplæring i såvarespørsmål, er av hovudoppgåvene til selskapet. Staten eig 51 pst. av selskapet. I tillegg eig Felleskjøpet Agri BA 34 pst. og Strand Unikorn AS 15 pst.
Selskapet hadde i 2012 ein omsetnad på 11,2 mill. kroner og eit overskott etter skatt på 640 212 kroner. Det blei utbetalt 500 000 kroner i utbytte, og det resterande overskottet blei lagt til annan eigenkapital.
Det er ikkje eit mål for staten som medeigar i selskapet at det skal utbetalast størst mogleg utbytte. Selskapet er på fleire område einerådande, og det er ikkje ønskjeleg at høge prisar på tenestene reduserer talet på analysar. Forventa framtidig reduksjon i oppdragsmengda gjer også at overskott i hovudsak bør leggjast til eigenkapitalen. Det blir ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2014.
Staur gård AS
Staur gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur i Stange. Eigedommen er eigd av staten. Staur gård AS har, i samarbeid med andre aktørar, eit ansvar for forskings- og forsøksverksemd i jordbruket. Av dei viktigaste funksjonane på garden er teststasjonen for storfe, seminstasjonen for sau og korn- og planteforsøk i regi av Graminor AS. Selskapet driv også gjestegarden på Staur, som særleg er retta mot lokale og nasjonale samfunnsinstitusjonar. Eigedommen Staur gård AS driv er spesiell og eigenarta. i 2012 blei fleire bygningar, hagen og parkanlegget freda av Riksantikvaren. Selskapet har til oppgåve å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse omsyna. Det har dei siste åra blitt gjort vesentlege utbetringar ved eigedommen.
Det blei i 2012 utarbeidd ein ny leigekontrakt for eigedommen, med leigeverdi og framtidig krav til vedlikehald basert på ein rapport frå Vorma Økonomi & Rekneskap AS. I denne kontrakten er leiga sett lågt, samstundes som Staur gard AS tek på seg ein større del av ansvaret for vedlikehald enn tidlegare.
Staur gard AS hadde i 2012 ein omsetnad på om lag 8,4 mill. kroner, ein auke på 7,6 pst. frå 2011, og eit overskot på 0,223 mill. kroner. Det blei ikkje teke ut utbytte. Auken i omsetnaden i 2012 var i hovudsak knytt til verksemda på gjestegarden, der omsetnaden auka med 12 pst. Departementet ventar at selskapet presenterer positive tal i same storleik også for 2013.
Det blir ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2014.
Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO)
VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske miljø og liknande miljø. Selskapet er i dag den leiande grossisten og distributøren av veterinære legemiddel i den norske marknaden, og driv eit av dei leiande kliniske smittelaboratoria for fisk. I tillegg eig selskapet Akvaforsk Genetics Center AS, som er eit av dei leiande selskapa i utforming av avlsprogram innanfor akvakultur. Selskapet sin forretningsidé er å tilby produkt og tenester som bidreg til ei god dyre- og fiskehelse og gjennom det bidra til auka effektivitet og berekraft i akvakultur- og husdyrproduksjon.
Selskapet arbeidar i ein konkurranseutsett og sterkt skiftande marknad som mellom anna svingar i takt med utviklinga av fiskesjukdommar og fiskeparasittar.
Selskapet sin omsetnad av legemiddel til alle typar dyr har auka betydeleg dei siste åra. Samla omsetnad i 2012 var 592 mill. kroner, ein auke på vel 25 pst. frå 2011, mens resultatet etter skatt auka med vel 16 pst. til 30,9 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte på 30 mill. kroner. Av dette blei 10,2 mill. utbetalt til Landbruks- og matdepartementet.
Departementet budsjetterer med eit utbetalt utbytte på 5 mill. kroner for 2014.
Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
80 | Renter | 23 012 | 19 800 | 4 700 |
85 | Utbytte | 40 100 | 30 000 | 121 000 |
Sum kap. 5652 | 63 112 | 49 800 | 125 700 |
Mål og strategiar
Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning, der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite med vidare).
Statskog SF er med sin kompetanse og erfaring innanfor skog- og utmarksområdet, ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er også viktig for å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF også drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.
Sidan etableringa i 1993 har det skjedd store endringar i vilkåra for forretningsdrifta til føretaket. Ved innføringa av Finnmarksloven i 2006 blei eigedommane til Statskog SF i Finnmark overdregne vederlagsfritt til Finnmarkseigedommen. Dette førte til eit behov for ei omfattande omorganisering og fokus på å sikre ein sunn økonomi. I 2010 kjøpte Statskog SF Orkla ASA sine skogeigedommar, jf. Prop. 11 S (2010-2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF. Kjøpet styrka føretaket si skogsdrift og opna for eit omfattande arronderingssal av spreidde skogteigar. Salet vil effektivisere drifta av eigedommane ytterlegare, samstundes som det gjev moglegheiter for at private skogeigarar, kommunar og allmenningar kan få utvida næringsgrunnlaget sitt.
Statskog sine strategiske verksemdsområde er eigedom, skog, energi og friluftsliv. Verksemda innanfor skogbruk og energi er skild ut som eigne avdelingar, mens anna verksemd er lagd til fem regionkontor og Fjelltenesta.
Skogbruk er det viktigaste forretningsområdet til Statskog SF. Etter kjøpet av skogeigedommane frå Orkla ASA, har den samla hogsten til Statskog SF auka frå om lag 150 000 m3 til 400 000 m3. Statskog har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar, og føretaket har ambisjon om å vere den dyktigaste industrielle skogeigaren i landet. Skogbruket i Statskog SF rettar seg etter Norsk PEFC skogstandard for eit berekraftig skogbruk.
Etter omorganiseringa i 2006-2007, der energi blei etablert som eige forretningsområde, har Statskog opparbeidd seg mykje kompetanse innanfor fornybar energi. I arbeidet med utvikling av fornybar energi samarbeider Statskog med lokale grunneigarar, tradisjonelle kraftselskap og selskap spesialisert innanfor småkraft.
Departementet si styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF
Departementet sin styrings- og kontrollfunksjon overfor Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for føretaket sitt styre, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte ved behov.
Spørsmål om korleis føretaket behandlar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningslova, ligg utanfor sjølve eigarstyringa, og blir handtert gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf. kap. 1161.
Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. For å styrkje eigarstyringa blei det i 2011 innført regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog SF knytt til mellom anna Statskog SF si framlegging av kvartalsresultat.Økonomien i verksemda og viktige hendingar blir gjennomgått på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.
Departementet ventar at Statskog, som andre statleg eigde verksemder, innarbeider sosiale og miljømessige omsyn i den daglege drifta og overfor interessentane sine.
Rapportering 2012
Resultatet etter skatt var på 118 mill. kroner i 2012. Resultatet frå skogbruket i Statskog SF gjekk noko ned i 2012 grunna lågare tømmerprisar. Samstundes auka skogvernerstatningane og inntektene frå arronderingssalet.
Arronderingssalet, som er ein del av oppfølginga av Statskog SF sitt skogkjøp i 2010, kom i gong i 2010, og det er seld eigedommar i dei fleste fylka der føretaket er grunneigar.
Utbyttet til staten for 2012 blei fastsett til 28,7 mill. kroner, tilsvarande 24 pst. av årsresultatet
Post 80 Renter
I samband med at Statskog SF kjøpte selskapa Borregaard skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner, jf. Prop. 11 S (2010-2011). Rentene på lånet vil vere på om lag 4,7 mill. kroner i 2014. Avdrag på lånet er omtala under kap. 4162.
Post 85 Utbytte
Etter gjeldande utbyttepolitikk for Statskog SF blir utbyttet frå føretaket sett til 75 pst. av årsresultatet etter skatt inntil beløpet tilsvarar staten si innlånsrente multiplisert med bokført eigenkapital. Staten si innlånsrente blir fastsett årleg på grunnlag av gjennomsnittleg rente på 5-årige statsobligasjonar.
Budsjettframlegg 2014
Det blir budsjettert med eit ordinært utbytte for 2013 på 28,0 mill. kroner. I tillegg blir det gjort framlegg om eit ekstraordinært utbytte frå Statskog SF på 93 mill. kroner, slik at utbyttet frå Statskog blir på til saman 121 mill. kroner. Endeleg forslag til ordinært utbytte vil bli fastsett når årsresultatet for 2013 føreligg, og vil bli lagt fram i den ordinære budsjettprosessen. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2014.