Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla
3 Nærare om dei enkelte måla
I Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken lanserte Landbruks- og matdepartementet ein ny målstruktur for departementet, jf. også innleiinga i denne proposisjonen. Sidan ei rekkje av verkemidla departementet forvaltar, verkar mot fleire mål, vurderer departementet at det er formålsteneleg å rapportere på målstrukturen samla her i del III. Dette vil vere ei overordna statusrapportering på dei fire overordna måla:
matsikkerheit
landbruk over heile landet
auka verdiskaping
berekraftig landbruk
I tillegg blir det rapportert på status for forsking og forvaltning, som er sentrale verkemiddel for å nå dei fire overordna måla. Under dei fire overordna måla er det spesifisert totalt 17 resultatområde, som igjen er konkretisert i 40 delmål, i tillegg til 8 delmål for forsking og 6 delmål for forvaltninga. Utvikling av mål- og resultatstyring, med tilhørande mål, delmål og indikatorar er eit arbeid i kontinuerleg utvikling.
4 Overordna mål: Matsikkerheit
Resultatområde | Delmål |
---|---|
Auka berekraftig matproduksjon | Leggje til rette for auka produksjon av landbruksvarer, innanfor gitte handelspolitiske rammer, som det er naturgjeve grunnlag for og som marknaden etterspør slik at sjølvforsyningsgraden kan oppretthaldast om lag på nivået i dag |
Trygg mat og fullverdig kosthald | Redusert risiko for sjukdom som følgje av smittestoff og framandstoff i innsatsvarer, mat eller drikkevatn |
Oppretthalde god norsk plante- og dyrehelse | |
Ta vare på forbrukarinteresser | Forbrukarane skal kunne gjere informerte val av matvarer |
Låg førekomst av ulovleg GMO i mat, fôr og såvarer | |
15 pst av matproduksjon og forbruk skal vere økologisk i 2020 | |
Etisk forsvarleg hald av dyr | Oppretthalde god norsk dyrevelferd |
Noreg som aktiv internasjonal aktør | Ivareta norske interesser i utviklinga og gjennomføringa av internasjonalt regelverk og avtalar |
Auka innsats bilateralt og multilateralt knytt til landbruksutvikling, genetiske ressursar og matsikkerheit | |
Vidareutvikle Noreg som matnasjon | Auka mangfald av norske produkt |
Å produsere nok, trygg og variert mat av god kvalitet er den viktigaste oppgåva landbruket løyser for samfunnet. Nasjonal matproduksjon frå land og sjø er eit fundament for nasjonal matsikkerheit.
Under FNs mattoppmøte i 1996 blei matsikkerheit i brei forstand definert som når alle mennesker til enhver tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat, for et fullgodt kosthold som møter deres ernæringsmessige behov og matvarepreferanser som grunnlag for et aktivt liv med god helse.
Matsikkerheit i tråd med definisjonen til FN er eit overordna mål for norsk landbruks- og matpolitikk, jf. Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken. All mat skal vere trygg. Nok og trygg mat skal danne grunnlaget for at innbyggjarane kan setje saman eit fullgodt kosthald.
Auka berekraftig matproduksjon
Jordbruksproduksjonen skal skje på ein berekraftig måte med omsyn til miljøet. Regjeringa vil, innanfor gitte handelspolitiske rammer, leggje til rette for auka produksjon av jordbruksvarer som det er naturgjeve grunnlag for og som marknaden etterspør, slik at sjølvforsyningsgraden kan oppretthaldast om lag på dagens nivå.
Sjølvforsyningsgraden seier kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå, rekna på energibasis, som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt eller fisk. Importerte innsatsvarer og eksport av t.d. fisk blir halde utanfor ved berekning av sjølvforsyningsgraden. Den gjev først og fremst eit bilete på delen av heimemarknaden målt i energi som er produsert i Noreg. Den kan, per definisjon, ikkje overstige 100 pst.
Sjølvforsyningsgraden for varer som er produserte i jordbruket auka frå 39 til 48 pst. frå 1970 til 2011. Sjølvforsyningsgraden er gjennomgåande høg for viktige jordbruksproduksjonar. Totalt sett er den likevel lågare fordi ein del energirike produkt som sukker, ris, og tropiske frukter blir importerte. Også noko matkorn blir importerte.
Auken i sjølvforsyningsgraden i perioden skuldast i hovudsak auka produksjon av matkorn. Sjølvforsyningsgraden for poteter og for grøntsektoren har falle. I grøntsektoren skuldast det delvis auka etterspørsel etter tropiske produkt. Blant husdyrprodukta har sjølvforsyningsgraden heile tida vore høg. Endringar i produksjon over tid heng i stor grad saman med endringar i etterspørsel etter produkta og endring i importkvotar.
Næringsmiddelindustrien sin del av heimemarknaden, målt i mill. kroner, er om lag 80 pst., og har vore svakt fallande dei siste åra.
Det siste tiåret har produksjonsvolumet i jordbruket auka med om lag 4 pst. Produksjonen av husdyrprodukt har auka med om lag 7 pst. Det er særleg svin, fjørfe og egg som aukar. For det grovfôrbaserte husdyrhaldet er produksjonen nokså stabil, med unntak av storfekjøtt, der produksjonen er redusert med 7 pst.
Produksjon av planteprodukt varierer meir enn for husdyrprodukt, og den underliggjande produksjonsutviklinga er vanskelegare å fastslå. Produksjonen har falle det siste tiåret for korn, poteter og blomar. For korn skuldast reduksjonen både redusert areal og svak avlingsutvikling. Produksjonen har auka for grønsaker. Fruktproduksjonen auka svakt i byrjinga av perioden, men har falle dei siste åra. I grøntsektoren har marknadsforholda vore ustabile både på grunn av nasjonale forhold og importkonkurranse. Redusert produksjon av blomar skuldast særleg at snittblomar i aukande grad blir importerte. Det er marknadsrom for auka planteproduksjon.
Trygg mat og fullverdig kosthald
All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg. Trygg mat er ein viktig berebjelke for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skapar tillit og sikrar avsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk og næringsmiddelindustri. Godt utval av sunn og helsefremjande mat er viktig for at forbrukarane kan velje eit kosthald i tråd med tilrådingar frå helsestyresmaktene.
Infeksjon gjennom næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt ein gunstig situasjon samanlikna med mange andre land når det gjeld smittestoff i mat. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar skuldast smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat produsert i Noreg er på eit lågt nivå samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar også blant norske husdyr.
Tabell 4.1 Tal på melde tilfelle av nokre viktige næringsmiddelborne infeksjonar der smitten har skjedd i Noreg
Sjukdom | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 |
---|---|---|---|---|
Campylobacteriose | 1 280 | 1 019 | 1 175 | 1 111 |
Listeriose | 25 | 19 | 19 | 26 |
Salmonellose | 225 | 229 | 313 | 260 |
Shigellose | 46 | 22 | 66 | 11 |
Yersiniose | 35 | 27 | 33 | 22 |
Totalt | 1 611 | 1 316 | 1 606 | 1 430 |
Kjelde: Folkehelseinstituttet sitt meldingssystem for smittsame sjukdommar, www.msis.no
For å oppretthalde den gode statusen, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking, slik at tiltak kan bli sette inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg er mellom anna folkesetnadsendringar med fleire mottakelege personar, auka internasjonal handel med mat, nye matvanar og nye produksjonsrutinar.
Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrot av matborne infeksjonar. I 2012 blei Folkehelseinstituttet varsla om 43 mistenkte eller verifiserte utbrot av matborne sjukdommar. Dette er noko lågare enn tidlegare år.
Utbreidd bruk av overflatevatn som råvasskjelde, mange små vassverk med varierande grad av handtering av vatn og dårleg leidningsnett gjer at drikkevatn sannsynlegvis er ei større og viktigare smittekjelde i Noreg enn i land vi kan samanlikne oss med. Rutinar for drift og vedlikehald av leidningsnettet varierar mykje.
Tilstanden er god med omsyn til framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og når det gjeld restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Sal av kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar eller som er tilsett legemiddel, er ei utfordring. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Produkt som blir omsett over internett og postordre, er ei særskilt utfordring.
God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir ikkje utnytta i dag på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auka ferdsel over landegrenser er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa.
Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land. Få planteskadegjerarar som den europeiske plantehelseorganisasjonen EPPO har tilrådd medlemslanda å gjere tiltak mot, har etablert seg i Noreg. Det har dei siste åra vore fleire tilfelle av skadegjerarar i frukt- og potetproduksjonen.
Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Få landdyrsjukdommar som Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) har tilrådd medlemslanda å gjere tiltak mot, har etablert seg i Noreg. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon blant norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg. Dei siste åra er det registrert ein viss auke i talet på storfebuskapar med diagnostisert klinisk salmonellose.
Ta vare på forbrukarinteresser
Forbrukarane skal kunne gjere informerte val av matvarer. Den nye matinformasjonsforordninga frå EU er for tida til vurdering for innlemming i EØS-avtalen. Denne forordninga innfører obligatorisk næringsmerking av emballert mat (energiinnhald, mengd feitt, metta feitt, karbohydrat, protein, sukker og salt). Obligatorisk merking av kor varene kjem frå blir også utvida til fleire produkt.
Interessa for lokal mat og matprodukt med særpreg veks. Frå september 2010 til september 2011 auka salet av slike produkt med 13 pst. Dette er ein vesentleg høgare vekst enn i matmarknaden generelt. Auka sal og produksjon av slike matvarer bidreg i høg grad til å byggje omdømet til norsk landbruks- og matproduksjon.
Merkeordninga Beskytta nemningar er ein sentral konkurransestrategi for norsk matproduksjon. Gjennom ordninga får produsentane eit rettsleg vern mot kopiering av produktnamnet. Totalt er 23 produkt godkjent. Om lag 200 produkt er godkjende for for bruk av Spesialitetmerket.
Merkeordninga Nyt Norge blei lansert i 2009. Ved starten av 2013 var 1 700 ulike norske matprodukt merkte med Nyt Norge.
Produksjonen av varer med genmodifisert innhald (GMO) aukar på verdsbasis. Dette gjer det vanskelegare å få tilgang til visse GMO-frie innsatsvarer. EU har utarbeidd retningsliner for dyrking av GMO-vekstar som skal hindre overføring av GMO til konvensjonell eller økologisk produksjon. Det er i dag ikkje godkjent nokon GMO-vekst for dyrking i Noreg.
Mattilsynet driv overvaking av ulovleg genmodifisert materiale i fôr og mat. Det blei berre gjort eitt funn av genmodifisering i strid med regelverket i 2012. Det blei påvist ulovleg genmodifisert ris i eitt produkt importert direkte frå Kina.
Matproduksjonen skal vere berekraftig og miljøvennleg. Økologisk produksjon har ein naturleg plass i Noreg, både i eit miljøperspektiv og for å sikre mangfald til forbrukaren.
Regjeringa har som mål at 15 pst. av matforbruket og matproduksjonen skal vere økologisk i 2020. Det betyr at denne delen av matforbruketet målt i omsetnad og denne delen av jordbruksareal og husdyrproduksjon er økologisk. Omsetnaden av norske matvarer var rekordstor i 2012. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden av økologiske produkt i daglegvarehandelen med 17 pst. i 2012 samanlikna med i 2011. Totalt blei det omsett økologiske matvarer for om lag 1,17 mrd. kroner i 2012. Dette utgjer 1,2 pst. av den totale omsetnaden. Meierivarer er den største varegruppa av økologiske matvarer.
Figur 4.2 viser utviklinga i økologisk areal og karensareal, og økologiske driftseiningar for perioden 2000 til 2012. Det økologiske arealet i 2012 var på om lag 502 000 dekar, og utgjorde om lag 5,1 pst. av det totale jordbruksarealet (medrekna karensareal er delen 5,6 pst.). Samanlikna med tidlegare år var veksten i økologisk areal låg, berre 0,1 pst. Karensarealet har variert ein del sidan 2000. Etter sterk vekst frå 2007 til 2009, har delen areal i karens gått vesentleg tilbake og er no nede i det lågaste arealet sidan 2000. Dette vil påverke veksten i økologisk areal i åra som kjem. Det er store regionale variasjonar i delen av jordbruksarealet som er i økologisk drift. Dei økologiske husdyra utgjer førebels ein liten del av det totale talet på husdyr i Noreg. Frå 2011 til 2012 var det ein viss auke i talet på storfe, gris og geit. I 2012 utgjorde økologisk storfe 3,5 pst. av totale storfe.
Etisk forsvarleg hald av dyr
God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, og er i tillegg eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat.
Generelt er dyrevelferda i Noreg god samanlikna med mange andre land. Det er stor offentleg merksemd på dyrevelferd. Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar knytt til dyrevelferd både hos produksjonsdyr og hos sports- og familiedyr.
Hald av verpehøns i tradisjonelle (nakne) bur er forbode frå 1. januar 2012. Næringa har gjort ei stor omstilling og tilpassa seg dei nye krava. Ein nasjonal tilsynskampanje med slaktekylling viste utfordringar for dyrevelferda i denne produksjonen. Eit nytt regelverk for hald av slaktekylling, som gjev sterkare insitament til god dyrevelferd, blei fastsett i januar 2013. Pelsdyrnæringa er omstridt i Noreg. Regjeringa vil sette ned eit eige utval for å gjennomføre den gjennomgangen av pelsdyrnæringa som blei varsla i Meld. St. 9 (2011–2012). Tap av dyr på utmarksbeite er eit viktig velferdsproblem. Det nye rovviltforliket i Stortinget sommaren 2011 legg til rette for reduserte tap på grunn av rovdyr. Tap av sau og lam til rovvilt blei redusert også frå 2011 til 2012, både omsøkte og erstatta tap. Det er likevel framleis store utfordringar, spesielt knytt til beitedyr som blir drepne av rovvilt i område som etter regionale forvaltningsplanar er prioritert til beitebruk. I slike område skal det etter rovviltforliket ikkje vere rovvilt som representerer eit skadepotensial for beitedyra.
Noreg som aktiv internasjonal aktør
Noreg har på landbruksområdet inngått ein rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar og mykje regelverk blir fornya med jamne mellomrom. Noreg kan ha særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket. Dette kan til dømes vere særskilde løysingar tilpassa dei naturgjevne forholda (plante- og dyrehelse) eller kostnadsnivået (importvernet) vårt, som er nødvendige for å kunne oppfylle måla for landbrukspolitikken.
Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTAs frihandelsavtalar. Innanfor EØS-avtalen blei ein ny artikkel 19-avtale sett i verk frå 1. januar 2012, noko som innebar auka gjensidig marknadstilgang for visse landbruksvarer. EFTA forhandlar no frihandelsavtalar med viktige land som India, Indonesia, tollunionen RuBeKa (Russland, Kviterussland, Kasakhstan) med fleire.
Norsk landbruk og næringsmiddelindustri har som følgje av høgt kostnadsnivå og krevjande produksjonsforhold avgrensa konkurransekraft på den internasjonale marknaden. I handelsforhandlingar blir det difor gjeve konsesjonar i første rekkje på produkt der vi ikkje har nasjonal produksjon av stort omfang eller der import av innsatsvarer kan vere fordelaktig for næringsmiddelindustrien. I tillegg til eit sterkt importvern, er nasjonalt handlingsrom for omfang og innretting av landbruksstøtte eit sentralt element i landbrukspolitikken.
I WTO har ein forhandla i Doha-runden sidan 2001. WTO gjennomfører annankvart år ordinære ministermøte. Neste ordinære ministermøte er på Bali i desember 2013.
Summen av avtalar inneber etterleving av forpliktingar om importvernet, omfang og innretting av landbruksstøtta og omfanget av eksportstøtte. Forpliktingane inneber ei omfattande årleg rapportering til WTO og Noregs bilaterale handelspartnarar. WTO gjennomførte i 2012 ein handelspolitisk gjennomgang av Noreg som omfattar alle sektorar. Slike gjennomgangar skjer kvart fjerde år. Landbruk er ein viktig del av denne gjennomgangen, fordi avtaleverket på landbruk er omfattande. Noreg legg stor vekt på å ha eit ope handelssystem som synleggjer oppfølginga av våre handelsforpliktingar.
Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrenser krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er nødvendig for å sikre trygg mat som møter krav frå forbrukarane og for å fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.
Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Matområdet er i følgje NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor, det kvantitativt største området under EØS-avtalen, med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk, jf. St.meld. nr. 23 (2005–2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Som del av oppfølginga utarbeider Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU.
Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som også legg premissar for regelverket i EU.
På partskonferansen for FNs rammekonvensjon for klima i Durban 2011, blei regelverket for arealbruk, endringar i arealbruk og skog avgjort for neste avtaleperiode under Kyotoprotokollen. Regelverket byggjer på prinsippa frå den første avtaleperioden, men inneber nokre viktige endringar. I Durban blei det også vedteke at det skal gjerast eit eige arbeid for jordbruk og klima i regi av vitskapskomiteen (SBSTA).
Landa i Europa har i 2012 starta forhandlingar om ein juridisk bindande europeisk skogavtale etter eit vedtak på ministerkonferansen i regi av Forest Europe i Oslo i juni 2011. Formålet med arbeidet er å sikre eit meir forpliktande politisk samarbeid for ei berekraftig skogforvaltning.
FNs skogforum UNFF er ein viktig aktør i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. Den 11. sesjonen av UNFF blei halden i 2013. Der blei det vedteke eit mandat for ei evaluering av UNFF og ei vurdering av forumets rolle vidare. På den 12. sesjonen i 2015 er dette hovudtema. Departementet vil følgje opp dette arbeidet fram mot neste sesjon i 2015. Dette vil vere ei avgjerande fase for samarbeidet i FN på dette området.
Matsikkerheit står høgt på den internasjonale dagsorden. I følgje FN lid 868 millionar menneske av svolt og underernæring. FN konferansen om berekraftig utvikling, Rio+20, vedtok i 2012 at det skal utviklast nye globale mål for berekraftig utvikling. Samstundes er arbeidet med nye Milleniumsmål starta opp, med rådspørjing i FN mellom anna om matsikkerheit og ernæring.
I erklæringa frå Rio blei det slått fast at matsikkerheit og ernæring er ei global utfordring. Matproduksjonen må auke på ein meir berekraftig måte. Tilgang til nok, trygg og næringsrik mat blir stadfesta som ein menneskerett. Erklæringa legg vekt på behovet for å styrkje landbrukssektoren, særleg i utviklingsland. Det er understreka at kvinner har ei sentral rolle i å fremje mattryggleik og ernæring, og at det er viktig for utviklinga i landbrukssektoren å styrkje kvinnerettar. Vidare peikar erklæringa på ei rekkje sentrale område for betra matsikkerheit som mellom anna betra forvaltning, forsking, fungerande marknader og redusert kasting av mat. Rolla til nasjonale strategiar for matsikkerheit er vektlagt.
Regjeringa la i desember 2012 fram ein strategi for auka støtte til matsikkerheit og landbruk i u-land. Strategien legg opp til ein auke på 500 mill. kroner frå 2013 til 2015, med særleg vekt på auka matproduksjon i eit endra klima. Viktige mål er å løfte fram småskala klimarobust landbruk i u-landa, auke engasjementet frå næringslivet, styrkje forskinga og minske svinnet i matproduksjonen.
FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) er den sentrale, normgjevande organisasjonen i FN for jordbruk, matsikkerheit, berekraftig skogforvaltning og fiskeri. Departementet vil framleis leggje stor vekt på å påverke og bidra til FAOs arbeid både for å fremje norske interesser og for å bidra til berekraftig utvikling og global matsikkerheit. Innsatsen for bevaring og godedeling av genetiske ressursar er viktig for departementet. I utforminga av eit nytt strategisk rammeverk, arbeidsplan og budsjett for organisasjonen har departementet særleg lagt vekt på mandatet FAO har innan skogforvaltning. FAO arbeidar med å fremje skogens rolle for matsikkerheit. FAO leiar og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjert i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests. FAO har ei viktig rolle i arbeidet med forhandlingane om ein rettsleg bindande europeisk skogavtale.
Vidareutvikle Noreg som matnasjon
Auka sal og produksjon av mat med lokal identitet, jf omtale i avsnittet Ta vare på forbrukarinteresser, bidreg i høg grad til å byggje omdømet til norsk landbruks- og matproduksjon og utvikle Noreg som matnasjon.
Utviklingsprogrammet for lokalmat og reiseliv er det viktigaste verkemiddelet for utvikling på matområdet. Under programmet blir det løyvd støtte til bedrifts- og produktutvikling. Gjennom programmet blir det også gjennomført større omdømmeprosjekt for å synleggjere Noreg som matnasjon, og å kople saman mat og andre sentrale næringar, som til dømes reiseliv. I 2012 blei det løyvd 68,3 mill. kroner til 131 prosjekt.
Kundeeffektundersøkingane til Innovasjon Noreg blant verksemder som har fått stønad over Lokalmatprogrammet og Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv, viser at programmet har svært høg addisjonalitet, det vil seie at programmet har vore utløysande for at prosjekta har blitt realiserte. Av dei spurde seier 97 pst. at tenesta som blir tilbydd har middels eller høg addisjonalitet. Effekten på samarbeid er spesielt god. Effekten på innovasjon og omsetnadsauke ligg godt over snittet for programma til Innovasjon Noreg. Etterspørselen frå verksemdene har auka det siste året, spesielt for stønad til vekstbedrifter.
Merkeordningane som Matmerk administrerar, er viktige for vidareutvikling av Noreg som matnasjon. Nyt Norge, Spesialitet og Beskytta nemningar bidreg alle til å skape merksemd på norsk mat og byggje omdømme og legitimitet for norsk matproduksjon. Desse ordningane vil også vere sentrale i arbeidet med å få målt omsetnad av lokalmat. Undersøkingar gjort av Matmerk viser at 81 pst. av befolkninga ønskjer norske produkt merka Nyt Norge ved lik pris.
Prosjektet som såg på definisjonar og måling av salstal for lokalmat skal følgjast opp i 2014. Arbeidsgruppa som blei nedsett i 2012, leverte rapporten sin 10. mars 2013, og med den eit forslag til ein definisjon av omgrepet lokalmat. Definisjonen skal nyttast til å måle salet av lokalmat og til å utvikle automatiserte salsmålingar.
5 Overordna mål: Landbruk over heile landet
Resultatområde | Delmål |
---|---|
Sikre bruk av landbruksareal | Vidareføre om lag same regionvise fordeling av areal og produksjon |
Oppretthalde ein variert bruksstruktur | |
Auka harmonisering mellom eigedomsstruktur og bruksstruktur | |
Sikre reindrifta sine areal | |
Styrkje og bidra til sysselsetjing og busetjing | Sikre grunnlag for sysselsetjing i landbruk og foredlingsindustri og vidareutvikle bygdenæringar |
Auka utnytting av landbrukseigedomar til busetjing | |
Auka samspel mellom landbruket og andre næringar og sektorar lokalt og regionalt | |
Politikk tilpassa regionale moglegheiter og utfordringar | Styrkje regionalt handlingsrom i næringsutviklingsarbeidet, tydelegare distriktspolitisk profil i nasjonale ordningar og områderetta innsats |
Sikre bruk av landbruksareal
I perioden 1979–1999 auka det registrerte jordbruksarealet med 8,2 pst. Denne utviklinga har seinare flata ut, og i perioden 1999–2011 er det berekna ein reduksjon i totalt jordbruksareal på om lag 3,9 pst. Registrert totalareal var på sitt største i 2001. Nedgangen i jordbruksareal skjer i all hovudsak innanfor åker og hage.
Regjeringa vil vidareføre om lag den same regionvise fordelinga av areal og produksjon. Fordelinga av jordbruksareal i drift og produksjonsvolumet av mjølk og grasbaserte kjøttslag er analysert på landsdelar og i bu- og arbeidsmarknadsregionane (BA-sentralitet) over det siste tiåret. Endringar i den geografiske fordelinga må bli sett i samanheng med produksjonsutviklinga. For produksjonar med betydeleg vekst, som kylling, svin og grønsaker, har produksjonsauken komme i sentrale område. Produksjonsauken for kylling har særleg komme i Trøndelag, i Rogaland og på Austlandet. Veksten i svinekjøttproduksjonen har i størst grad komme i Rogaland, men også i andre område, bl.a. i Nordland. Veksten i produksjonen av grønsaker på friland har komme på Austlandet.
For dei grasbaserte produksjonane har produksjonen vore meir stabil det siste tiåret, og det har vore relativt små endringar i den geografiske produksjonsfordelinga. Oppland, Rogaland og Nordland har auka sin del, mens Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag har litt lågare del. Småsenterregionar aukar sin del på kostnad av storbyregionar og regionar med spreidd busetjing. Kvoteordninga sikrar geografisk stabilitet i mjølkeproduksjonen. Rogaland aukar delen sin på kostnad av Vestlandet, men dette skuldast også at Ølen kommune har endra fylke. Småsenterregionane aukar delen sin. Talet på ammekyr har særleg auka på Austlandet.
Hovudinntrykket er at for produksjonar med vekst, så kjem veksten i meir sentrale område. Produksjonen elles flyttar seg i mindre grad.
Delen av fulldyrka jordbruksareal går ned på Vestlandet og aukar på Austlandet og i Trøndelag. Kornarealet er redusert på Austlandet, men har halde seg meir stabilt i Trøndelag. Arealet med fulldyrka eng og beite har auka mest i sentrale område. Arealet med anna eng og beite har auka meir i perifere enn i sentrale område. Potetarealet er redusert og meir konsentrert til nokre få område. Auka areal av grønsaker på friland har komme i bynære område.
Regjeringa vil oppretthalde ein variert bruksstruktur. Over halvparten (61 pst.) av jordbruksverksemdene hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift i 2011. Om lag 8 pst. av jordbruksverksemdene hadde meir enn 500 dekar jordbruksareal i drift. Tala viser ein auke på jordbruksverksemder med meir enn 500 dekar jordbruksareal i drift, mens talet på jordbruksverksemder med mellom 50 til 499 dekar jordbruksareal i drift går ned, sjå Figur 5.1. I løpet av dei siste åra har jordbruksverksemder med mellom 100 til 199 dekar jordbruksareal i drift hatt størst nedgang (938 frå 2009 til 2011). Jordbruksverksemdene med minst jordbruksareal i drift (under 50 dekar) har auka frå 2006, men har hatt ein liten nedgang frå 2010 til 2011.
Om jordbruksverksemdene blir fordelte etter BA-sentralitet, viser tal frå SSB at om lag 68 prosent av jordbruksverksemdene ligg i ulike former for byregionar. Vidare viser tala størst del jordbruksverksemder i storbyregionar (26 pst.) og minst del i område for spreidd busetjing (8 pst.). Tala for storbyregionane viser også at desse områda hadde flest dekar jordbruksareal i drift (om lag 2,8 mill. dekar) og mest leigd jordbruksareal i drift (om lag 1,2 mill dekar) i 2011. Gjennomsnittsarealet i drift per jordbruksverksemd har auka frå 216 i 2010 til 219 dekar i 2011 (fordelte på 126 dekar eigd areal og 93 dekar leigd areal). Totalt var i overkant av 42 pst. av jordbruksarealet i drift leigd areal i 2011.
I 2010 var det registrert om lag 185 100 landbrukseigedommar i Landbruksregisteret. Det ligg ikkje føre tilsvarande tal for 2011 eller 2012. Om landbrukseigedommane registrerte i 2010 blir grupperte etter storleiken på jordbruksareal i drift på eigedommane, viser tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) mange eigedommar med lite areal i drift. Hovudtyngda av eigedommane (om lag 51 pst.) hadde mellom 5 og 99 dekar jordbruksareal i drift, og om lag 18 pst. av eigedommane hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift.
I 2012 kartla SSB landbrukseigedommane ved hjelp av GIS-verktøy (geografiske informasjonssystem) og bruk m.a. av digitalt arealressurskart og eigedomskart. GIS-analysen viste i alt 189 000 landbrukseigedommar i 2010. Mange landbrukseigedommar har lite areal, og analysen viste at heile 70 pst. av eigedommane hadde mindre enn 500 dekar eigd areal. Om lag 28 pst. av eigedommane hadde mellom 500 og 5000 dekar. Materialet viste også at store landbrukseigedommar hovudsakleg består av uproduktiv skog, vatn, fjell og vidder, mens dei små eigedommane har ein langt større del med produktivt areal. Mest jordbruksareal er det på eigedommar mellom 100 og 500 dekar, mens produktiv skog dominerer på eigedommar mellom 1000 og 5000 dekar. Nordland har flest landbrukseigedommar (19 200) følgt av Hedmark og Oppland (respektive 16 700 og 15 200).
Landbrukseigedommane med jordbruksareal eig i snitt 65 dekar jordbruksareal kvar. Det er likevel store geografiske forskjellar i eigedomsstrukturen. Eigedommar i Østfold og Akershus har i snitt 120 og 117 dekar, mens eigedommar i Aust-Agder, Troms og Finnmark disponerer høvesvis 31, 33 og 33 dekar jordbruksareal i snitt.
Tal frå KOSTRA i 2012 viser at om lag 12 pst. av dei som søkte om å få dele ein landbrukseigedom, ønskte å selje jorda som tilleggsjord til annan landbrukseigedom, dvs. at areal frå 516 eigedommar blei fordelt som tilleggsjord til annan landbrukseigedom i 2012. Tala frå 2009–2011 viser ei prosentfordeling på om lag 11 pst.
For reindrifta er tap av areal ei av dei største utfordringar på lang sikt. Tilgang på areal er ein føresetnad for at næringa skal kunne fortsetje med den nomadiske driftsforma. Denne driftsforma dannar basisen for ei økologisk berekraftig utnytting av beita. Ulike inngrep innanfor reinbeitedistrikta har auka vesentleg dei siste åra. Det er viktig at effekten av dei ulike inngrepa innanfor eitt og same distrikt blir sett i samanheng, og ikkje berre på bakgrunn av storleiken på det enkelte inngrepet. Forsking viser at reinen reduserer bruken av beiteområda i tilknyting til fysiske inngrep. Særleg gjeld dette simler med kalv. Dette inneber at utbygging i uforstyrra område får større konsekvensar enn utbygging nær allereie eksisterande inngrep. Sjølv mindre inngrep kan få vesentlege konsekvensar om dei blir lokaliserte i eit av dei sentrale bruksområda til reinen.
Styrkje og bidra til sysselsetjing og busetjing
Departementet vil sikre grunnlaget for sysselsetjing i landbruk og foredlingsindustri og vidareutvikle bygdenæringar. Jord- og skogbruk står for i alt 4,3 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg. Totalt var det om lag 46 350 sysselsette personar i jordbruket og reindrifta og om lag 5 400 sysselsette i skogbruket i 2011, sjå tabell 5.1. Samstundes var om lag 38 800 sysselsette i jordbruksbasert matindustri og i om lag 19 100 sysselsette i skogbruksbasert industri.
Tabell 5.1 Sysselsette personar i landbruket per fylke, 2011
Fylke | Tot. ant. sysselsette | Sysselsette i jordbruk og reindrift | Sysselsette i skogbruket | Sysselsette i matindustrien | Sysselsette i skogbruksbasert industri | Sysselsetjing i landbruket | Landbruksbasert sysselsetjing som del av total sysselsetjing | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ant. | ant. | pst. | ant. | pst. | ant. | pst. | ant. | pst. | ant. | pst. | |
Østfold | 118 210 | 2 088 | 4,5 % | 271 | 5,0 % | 3 593 | 9,3 % | 2 711 | 14,2 % | 8 663 | 7,3 % |
Akershus/Oslo | 689 014 | 2 215 | 4,8 % | 625 | 11,4 % | 8 055 | 20,7 % | 976 | 5,1 % | 11 871 | 1,7 % |
Hedmark | 85 544 | 3 924 | 8,5 % | 1 101 | 20,2 % | 2 225 | 5,7 % | 2 071 | 10,8 % | 9 321 | 10,9 % |
Oppland | 87 628 | 4 733 | 10,2 % | 607 | 11,1 % | 1 460 | 3,8 % | 1 208 | 6,3 % | 8 008 | 9,1 % |
Buskerud | 122 975 | 1 828 | 3,9 % | 606 | 11,1 % | 1 295 | 3,3 % | 1 933 | 10,1 % | 5 662 | 4,6 % |
Vestfold | 104 062 | 1 613 | 3,5 % | 227 | 4,2 % | 2 587 | 6,7 % | 895 | 4,7 % | 5 322 | 5,1 % |
Telemark | 76 693 | 1 155 | 2,5 % | 404 | 7,4 % | 563 | 1,4 % | 449 | 2,3 % | 2 571 | 3,4 % |
Aust-Agder | 48 147 | 587 | 1,3 % | 271 | 5,0 % | 486 | 1,3 % | 799 | 4,2 % | 2 143 | 4,5 % |
Vest-Agder | 87 021 | 1 076 | 2,3 % | 162 | 3,0 % | 1 045 | 2,7 % | 1 344 | 7,0 % | 3 627 | 4,2 % |
Rogaland | 237 945 | 5 994 | 12,9 % | 74 | 1,4 % | 4 453 | 11,5 % | 1 418 | 7,4 % | 11 939 | 5,0 % |
Hordaland | 250 709 | 2 673 | 5,8 % | 120 | 2,2 % | 3 419 | 8,8 % | 769 | 4,0 % | 6 981 | 2,8 % |
Sogn og Fjordane | 54 288 | 2 801 | 6,0 % | 94 | 1,7 % | 1 284 | 3,3 % | 610 | 3,2 % | 4 789 | 8,8 % |
Møre og Romsdal | 128 472 | 2 932 | 6,3 % | 113 | 2,1 % | 1 684 | 4,3 % | 644 | 3,4 % | 5 373 | 4,2 % |
Sør-Trøndelag | 156 587 | 3 645 | 7,9 % | 192 | 3,5 % | 3 144 | 8,1 % | 1 165 | 6,1 % | 8 146 | 5,2 % |
Nord-Trøndelag | 61 916 | 3 976 | 8,6 % | 368 | 6,7 % | 1 154 | 3,0 % | 1 225 | 6,4 % | 6 723 | 10,9 % |
Nordland | 116 254 | 2 947 | 6,4 % | 158 | 2,9 % | 955 | 2,5 % | 696 | 3,6 % | 4 756 | 4,1 % |
Troms | 80 622 | 1 356 | 2,9 % | 59 | 1,1 % | 1 185 | 3,1 % | 180 | 0,9 % | 2 780 | 3,4 % |
Finnmark | 37 465 | 803 | 1,7 % | 12 | 0,2 % | 251 | 0,6 % | 33 | 0,2 % | 1 099 | 2,9 % |
Totalt | 2 543 552 | 46 346 | 100 % | 5 464 | 100,2 % | 38 838 | 100,1 % | 19 126 | 99,9 % | 109 774 | 4,3 % |
Kjelde: SSB og NILF. Statistikken viser antall sysselsette personer, ikkje årsverk. Under matindustrien er fiskevarebransjen utelatt.
Når ein måler korleis ein styrkjer og bidreg til sysselsetjing, vil departementet leggje vekt på utviklinga i fordelinga av sysselsetjinga i landbruket. Ser ein regionvis fordeling av sysselsetjinga i jordbruket over tid, så går delen ned på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg, mens den går opp på Austlandet og i Rogaland. Delen går opp i mellomstore byregionar og storbyregionar på kostnad av regionar med spreidd busetjing og småsenterregionar.
Landbruksnæringa betyr relativt sett meir for sysselsetjinga i område med spreidd busetjing og småsenterregionar enn i meir sentrale område av landet. Desse områda har hatt ein større og meir vedvarande nedgang i sysselsetjinga enn andre regionar.
Regjeringa vil at ressursane på landbrukseigedommane skal bli betre utnytta for å bidra til å halde ved lag hovudtrekka i busetjingsmønsteret. Tal frå SSB viser om lag 33 000 (21,4 pst.) landbrukseigedommar utan fast busetjing i 2010. Grupperer ein eigedommane etter BA-sentralitet viser tala om lag 5 000 eigedommar utan fast busetjing i storbyregionane, og om lag 5 200 eigedommar i område med spreidd busetjing. Det er registrert størst tal for eigedommar utan fast busetjing i småbyregionar (om lag 7 500) og i småsenterregionar (om lag 10 000), og i desse regionane betyr busetnaden på landbrukseigedommane mykje. Det er også i småbyregionane og i småsenterregionane ein ser skilnad for ubebudde eigedommar som ikkje er omfatta av buplikta. Tala viser flest eigedommar, respektive om lag 14 pst. og 17 pst., utan fast busetjing i desse regionane.
Ser ein på eigedommar som er omfatta av buplikta og som det bur nokon på, viser tal frå SSB at om lag 67 pst. av eigedommane med buplikt hadde fast busetjing i 2010. Av dei eigedommane som ikkje var omfatta av buplikta viser tala at om lag 33 pst. av eigedommane hadde fast busetjing. Nyare tal for ubebudde landbrukseigedommar vil liggje føre i løpet av året.
Departementet legg vekt på at forvaltninga lokalt og regionalt skal bidra til samarbeid mellom landbruket og andre næringar og sektorar, og at landbruk og landbruksbasert verksemd inngår som ein integrert del av anna nærings- og samfunnsutviklingsarbeid. I samarbeid med KS er det teke initiativ til å styrkje landbruket som ein aktiv del av lokal samfunnsutvikling. På nasjonalt nivå har departementet inngått samarbeid med fleire andre departement for å styrkje moglegheitene for næringsverksemd ut frå ressursane i landbruket. Eksempel på dette er samarbeidet med Kommunal- og regionaldepartementet gjennom inkubatorprogrammet for å få fram fleire vekstbedrifter innan mat- og naturbaserte næringar og Inn på tunet-løftet, og samarbeidet med Nærings- og handelsdepartementet og Samferdselsdepartementet for å stimulere til auka aktivitet i skog- og trenæringa.
Dei fylkesvise BU-midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak blir i stor grad brukte i partnarskap med andre lokale og regionale aktørar. Ei kartlegging viser at midlane har ein utløysande effekt på andre regionale utviklingsmidlar som kjem landbruket til gode.
Som regionale utviklingsaktørar har fylkeskommunane bidrege aktivt til å vidareutvikle landbruket i ulike delar av landet.
Politikk tilpassa regionale moglegheiter og utfordringar
Departementet vil gje betre rom for å utvikle ein politikk tilpassa regionale føresetnader, ha ein sterk distriktsprofil i nasjonale ordningar og ha meir områderetta innsats. Ein vesentleg del av dei landbrukspolitiske verkemidla er differensiert etter distrikt/geografi. Om lag 69 pst. av jordbruksoverføringane går til område som ligg innanfor sonene for det distriktspolitiske verkeområdet. Om lag 55 pst. av løyvingane på tilskottsordningane over jordbruksavtalen er distriktsdifferensierte, mens om lag 70 pst. er strukturdifferensierte. 40 pst. er både struktur- og distriktsdifferensierte.
Hovuddelen av verkemidla til Landbruks- og matdepartementet som går til næringsutvikling blir forvalta av Innovasjon Noreg. I 2012 forvalta Innovasjon Noreg til saman 178,2 mill. kroner i midlar til næringsutvikling knytt til satsingar innanfor lokalmat, grønt reiseliv, Inn på tunet, bioenergi, tresatsing og reindrift. I tillegg forvalta Innovasjon Noreg 413 mill. kroner i fylkesvise BU-midlar til bedriftsretta tiltak samt 1 000 mill. kroner i låneramme for rentestøtte. I 2012 gjekk 72 pst. av BU-midlane til tiltak innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Fylkesmannen forvaltar BU-midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak. I 2012 utgjorde dette 60 mill. kroner. Kommunen har innstillingsmyndigheit for Innovasjon Noreg i forvaltninga av BU-midlane. Det regionale partnarskapet der fylkesmannen, fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og næringsorganisasjonane er representerte, legg regionale strategiar for bruken av midlane innanfor overordna nasjonale føringar. I 2012 blei det sett av 3 mill. kroner til ei satsing på arktisk landbruk, for å bidra til utvikling og betre utnytting av arktisk kvalitet som eit konkurransefortrinn for landbruket i nordområda.
Innanfor skogpolitikken blir viktige verkemiddel forvalta av fylkesmannen og kommunane, mellom anna verkemiddel for infrastrukturtiltak, skogkulturtiltak og miljøtiltak. Ordningane blir såleis forvalta nær der ressursane er, og i god kontakt med skogeigarane. Til saman disponerte fylka og kommunane 192 mill. kroner til desse ordningane i 2012.
Fylkesmannen forvaltar også midlar til Regionale miljøprogram. I 2012 utgjorde dette til saman 428,5 mill. kroner. Dei regionale miljøprogramma gjer det mogleg å målrette miljøinnsatsen i det enkelte fylke.
6 Overordna mål: Auka verdiskaping
Resultatområde | Delmål |
---|---|
Konkurransedyktige verdikjeder og robuste einingar | Jordbruksproduksjon som dekkjer etterspørselen etter norske produkt |
Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri | |
Møte auka etterspørsel med auka berekraftig avverking | |
Kostnadseffektiv transport i skogsektoren | |
Løft for bygdenæringar | |
Gode kompetansemiljø | God rekruttering til landbruket og landbruksbasert industri |
Minst 40 pst kvinneleg representasjon i eigarskap, næringsutøving og styrande organ i landbruks- og matsektoren | |
Leggje til rette for kompetanse blant sjølvstendig næringsdrivande i landbruksnæringa | |
Konkurransedyktige inntekter | Sikre utøvarane i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Politikken skal vidareutvikle inntekts- og velferdspolitikken med utgangspunkt i den landbrukspolitikken som er ført etter 2005 |
Sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak og auka lønnsemd |
Konkurransedyktige verdikjeder og robuste einingar
Regjeringa vil leggje til rette for auka produksjon av landbruksvarer, innanfor gitte handelspolitiske rammer, som det er naturgitt grunnlag for og som marknaden etterspør, slik at sjølvforsyningsgraden kan oppretthaldast om lag på dagens nivå. Regjeringa har som målsetjing at produksjonen i landbruket skal auke i takt med etterspørselen til ei aukande befolkning.
For storfekjøtt, korn og i grøntsektoren er det eit marknadsrom som ikkje blir dekkja av norskprodusert vare. For egg, og særleg for svin, har det vore aukande marknadsoverskott dei siste åra. Ved midlertidig marknadsunderskott administrerer styresmaktene tollsatsane ned i periodar for supplering i marknaden.
For dei fleste landbruksvarene hindrar dei ordinære tollsatsane import. For nokre varer skjer likevel import til full toll. Dette gjeld i særleg grad grøntsektoren, men også for enkelte kjøtt- og meierivarer.
Foredla landbruksvarer som inngår i Protokoll 3 i EØS-avtalen, har ikkje vern mot import. Desse varene er i prinsippet frihandelsvarer der Noreg og EU kan nytte toll og prisnedskriving for å jamne ut forskjellar i prisar på råvarene som inngår i ferdigvarene.
Konkurransekrafta til norske landbruksvarer i den norske marknaden er ikkje utelukkande avhengig av gjevne rammevilkår. Dei evnene bedriftene og føretaka har til effektiv produksjon, kvalitet og mangfald har stor innverknad på konkurransekraft og evne til å halde på marknadsdelar.
I følgje Nasjonalrekneskapen var bruttoproduktet i jordbruk og skogbruk i faste 2005-prisar 14 mrd. kroner i 2012. Produktivitetsveksten i jordbruket er høg. Jordbrukssektoren har dei siste 10 åra hatt ein vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 5,9 pst. per år. Talgrunnlaget indikerer at produktivitetsveksten har vore noko mindre dei siste to åra enn tidlegare i perioden. Tilsvarande produktivitetsmål for norsk industri (bruttoprodukt per timeverk) viser ein gjennomsnittleg årleg vekst på 2,5 pst. dei siste ti åra, i følgje det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera. Gjennomsnittleg vekst i Fastlands-Noreg var 1,4 pst.
Innovasjon på landbruks- og matområdet er viktig. Innovasjon Noreg legg til grunn ein brei definisjon av innovasjon; Ny vare, teneste, produksjonsprosess, bruksmåte eller organisasjonsform som er lansert i marknadeneller blitt teke i bruk i produksjonen for å skape økonomiske verdiar. Årsrapporten til Innovasjon Noreg for 2012, som oppsummerer effektmåling av tilskott 4 år etter at tilskottet blei gjeve, viser at innovasjonsnivået ligg nokså stabilt dei siste tre åra for dei innovasjonsretta landbruksprogramma. For Trebasert innovasjonsprogram ligg delen innovasjon på nasjonalt/internasjonalt nivå høgt, også samanlikna med Innovasjon Noregs program utanfor landbruks- og matsektoren. Dette tyder på at Innovasjon Noreg har bidrege til auka innovasjon innanfor trenæringa. Innovasjon Noreg si kundeeffektundersøking viser også ei positiv utvikling dei siste tre åra når det gjeld landbruks- og matprogrammas innverknad på lønnsemdsutvikling, overleving og omsetnad for føretaka som har fått støtte av Innovasjon Norge. Hovuddelen av midlane Innovasjon Noreg forvaltar på landbruks- og matområdet gjeld innovasjon på bedriftsnivå (88 pst. av tildelingane). Dette er dei viktigaste økonomiske verkemidla for å nå målet om næringsutvikling i og i samband med landbruket.
I 2012 utarbeidde Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) ein rapport om innovasjon i landbruket, på oppdrag frå Innovasjon Noreg. Rapporten dokumenterer mellom anna at landbrukssektoren er blant dei næringane som har hatt høgast produktivitetsvekst dei siste tiåra. Verdikjeda representerer eit samansett innovasjonssystem som også inkluderer forsking, som er verdsleiande på fleire område. Det tette samspelet mellom forsking og næring er ein av grunnane til at innovasjonar blir tekne raskt i bruk, og på den måten bidreg til den høge og vedvarande produktivitetsauken i sektoren. I 2012 gjekk i alt 12 pst. av dei bedriftsretta bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane) til utviklingstiltak og bygdenæringar hos Innovasjon Noreg til kompetanseretta prosjekt, mot 15 pst. i 2011. Dette er eit viktig bidrag til at søkjarane kan lukkast i sitt næringsutviklingsarbeid.
Bruttoproduktet for skogbruket og tenester knytt til skogbruket, blei berekna til 5,4 mrd. kroner i 2011. Dette er om lag på same nivå som året før. Totalt blei det produsert skogprodukt og tenester for 6 mrd. kroner i 2011, om lag på same nivå som året før. Tømmer for sal er framleis den største enkeltposten. I alt blei det seld tømmer for 3,1 mrd. kroner til sagbruk og treforedlingsindustri. Dette er ein svak auke frå året før. I 2011 var omsetnaden i skogindustrien i Noreg på til saman 41,9 mrd. kroner. Det tilsvarer 5,7 pst. av omsetnaden i norsk industri.
I 2011 blei det avverka 8,5 mill. kubikkmeter tømmer. Dette var ein auke på 2 pst. frå året før.
Det var registrert 48 160 kilometer med skogsbilvegar (heilårsbilvegar og sommarbilvegar) per 1. januar 2012. Til samanlikning er det om lag 94 000 kilometer med offentlege vegar i landet. Mens det blei ferdigstilt 92 kilometer heilårsbilvegar og sommarbilvegar i 2012, blei 264 kilometer ombygd eller omlagt. Dette er ein auke på høvesvis 14 og 15 kilometer frå 2011. Det blei bygd og ombygd skogsvegar for totalt 173 mill. kroner i 2012, ein auke på 50 mill. kroner frå 2011. Offentlege tilskott dekkja om lag 56 mill. kroner av dei totale kostnadene. Dei gjennomsnittlege anleggskostnadene per meter heilårsbilveg og sommarbilveg var 390 kroner. Vinterbilvegar og traktorvegar kosta i gjennomsnitt 129 kroner per meter. Av dei sistnemnde vegane blei det ferdigstilt 189 kilometer i 2012, mens 78 kilometer blei omlagt eller ombygd. Dette er ein auke på høvesvis 34 og 26 kilometer frå 2011.
Det er behov for å auke investeringane i landbruket, mellom anna for å fornye driftsapparatet, betre lønnsemda, auke produktiviteten, miljøomsyn og omsyn til dyrevelferda. Gode investeringsordningar er viktige for rekrutteringa til landbruket, og det er samstundes nødvendige ordningar for å kunne nå dei sentrale landbrukspolitiske måla om auka landbruksproduksjon og eit landbruk over heile landet. Tilskott til investeringar og rentestøtte er ein nødvendig føresetnad og ein sentral faktor for å avlaste risiko, og for å løyse ut anna kapital som gjer det mogleg å investere i landbruket. Over dei fylkesvise BU-midlane til bedriftsretta tiltak blir det gjeve støtte til investeringar. I 2012 løyvde Innovasjon Noreg tilskott for til saman 312,7 mill. kroner til investeringar innanfor tradisjonelt landbruk. Dette utgjer om lag 73 pst. av dei totale løyvingane innanfor dei bedriftsretta BU-midlane. Kvinnedelen av midlane var på 45 pst. i 2012.
Bygdenæringar er ein felleskarakteristikk på all næringsverksemd utanom tradisjonelt landbruk med basis i ressursane i landbruket. Breidda i naturressursane, kulturen, historia, bygningsmassen, maskinene og dei menneskelege ressursane knytt til landbruket er omfattande. Dette gjev grunnlag for å utvikle eit breitt spekter av varer og tenester. Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken tek til orde for eit løft for bygdenæringane.
Over dei fylkesvise BU-midlane til bedriftsretta tiltak blir det også gjeve støtte til investeringar innanfor bygdenæringar. I 2012 løyvde Innovasjon Noreg tilskott for til saman 44,7 mill. kroner til investeringar innanfor bygdenæringane. Dette utgjer om lag 10 pst. av dei totale løyvingane innanfor dei bedriftsretta BU-midlane.
Det er krevjande å utarbeide undersøkingar for å få kunnskap om bygdenæringar. Årsakene er mellom anna at dette handlar om mange ulike næringar, og at det kan vere problematisk å avgrense kva type landbrukseigedommar og landbruksbedrifter som skal reknast med. Dette spenner frå ei avgrensing av 32 000 yrkesdrivne bruk til om lag 185 100 landbrukseigedommar. Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) si driftsgransking for 2011 gjer eit utval av respondentar blant om lag 31 500 bruk, og er ei kjelde til kunnskap om utvikling og lønnsemd innanfor bygdenæringane. Av dei 857 bruka som var med i driftsgranskingane i 2011 hadde 81 pst. omsetnad i bygdenæringar. 59 pst. av bruka hadde ein omsetnad på over 20 000 kroner i bygdenæring. I 2011 var omsetnaden i bygdenæringar per bruk i utvalet gjennomsnittleg 173 100 kroner, det er ein auke på 11 300 kroner frå 2010. Overskottet frå bygdenæringar utgjorde i gjennomsnitt 7 pst. av samla inntening på alle 857 driftsgranskingsbruka i 2011. Delen har auka jamt gjennom dei siste åra.
Bidraget varierer naturleg nok med ulike regionar og ulike tilleggsnæringar. Det er større driftsoverskot blant dei bruka som driv med tenesteyting enn med vareproduksjon. Driftsgranskingane viser at bygdenæringane sitt bidrag til familieøkonomien samla sett er beskjeden, trass i ein liten auke det siste tiåret. Ei av årsakene til dette kan vere at det utvalet av bruk som er med i driftsgranskingane, har relativt stor jordbruksaktivitet. På desse bruka kan det vere lita tid til, og mindre trong for, å byggje opp andre næringar. God tilgang på løna arbeid kan vere ei anna forklaring. Bygdenæringane er likevel ei viktig inntektskjelde for mange enkeltbruk. Det er behov for meir kunnskap om utviklinga innanfor bygdenæringane generelt. Det blir arbeidd for å auke kunnskapen om økonomi og sysselsetjing innanfor enkeltnæringar og rolla til bygdenæringane samla sett.
Gode kompetansemiljø
Departementet vil sikre god rekruttering til landbruket og landbruksbasert industri, og følgjer difor med på alderen på eigarar av eigedom og bedrifter og på utdanning og rekruttering i sektoren.
Landbruksteljinga 2011 viste at gjennomsnittleg alder for personlege eigarar av jordbruksbedrifter var 50,2 år, der gjennomsnittleg alder for menn var 50,6 år og kvinner var 48,0 år. Gjennomsnittleg alder for ein eigarar av jordbruksbedrift var 48,3 år i år 2000. Gjennomsnittleg alder ved tinglyst overdraging var i 2010 50,9 år, 47,6 år for menn og 56,0 år for kvinner. Tabell 6.1 viser fordeling på aldersgrupper og kjønn.
Tabell 6.1 Eigarar av jordbruksbedrifter, etter alder og kjønn. 2011
Aldersgrupper | Personleg brukartal | Brukar er mann % | Brukar er kvinne % |
---|---|---|---|
< 30 år | 1 510 | 81,8 | 18,2 |
30 – 39 år | 6 341 | 79,9 | 20,1 |
40 – 49 år | 12 528 | 83,6 | 16,4 |
50 – 59 år | 12 781 | 89,1 | 10,9 |
60 – 69 år | 8 310 | 88,8 | 11,2 |
70 år eller meir | 1 469 | 83,9 | 16,1 |
Totalt 1 | 42 939 | 80,6 | 13,5 |
1 5,9 pst. er upersonlege eigarar
Kjelde: Landbruksteljinga 2011
Det er totalt 3 863 elevar som har søkt naturbruk på offentleg vidaregåande skole for året 2013/2014. Dette er på same nivå som året før. Søkinga til studieretning naturbruk generelt er stabil, men søkinga til dei tradisjonelle landbruks- og gartnarfaga er framleis for låg. Departementet tildeler fylkeskommunene tilsaman 20 mill kroner til likestilling, kompetanse og rekruttering. Departementet bidreg også i prosjektet Velg landbruk i regi av næringsorganisasjonene i landbruket og til Norges Bygdeungdomslags prosjekt Grøn Utdanning. I 2013 blir det gjennomført ei omfattande evaluering av landbruks- og gartnerutdanninga på vidaregående nivå og kartlegging av behovet for fagskolar i landbruket.
Det er i dag 2 fagskolar med til saman 4 studieretningar innan agronomi og gartnarfag. Det er 12 plassar per studieretning. Det er fleire fagskoletilbod under planlegging, deriblant fagskole i planteproduksjon med 21 plassar med oppstart i 2013. Ein kan forvente ein auke i talet på fagskolestudentar i dei tradisjonelle landbruksfaga.
Søkjartala til høgskolestudiar i tradisjonelle landbruksfag ved Høgskolen Nord-Trøndelag og Høgskolen i Hedmark er stabile etter ein liten auke i søkinga til husdyrfag i 2012. Søkinga til dei tradisjonelle landbruksfaga ved Universitetet for Miljø- og Biovitenskap har ein liten auke. Husdyrvitskap og skogfag har også ein auke i talet på søknader, mens plantevitskap, hestefag og skogfag er stabile.
Søkjartala til dei tradisjonelle matfaglege utdanningane på vidaregåande og høgare nivå viser ein negativ trend. Kjøtt-, bakar-, og meieribransjen ser ut til å vere enkeltbransjane med dei største utfordringane med omsyn til underdekking av faglærde kandidatar i dag og i nær framtid. Departementet bidreg med midlar til Matindustriens kompetanseprosjekt FEED som blir vidareført i 2014. Prosjektet driv kartlegging og kampanjar for auka rekruttering til vidaregåande utdanning til matfaga og rekruttering til matindustrien.
Departementet vil leggje til rette for kompetanse blant sjølvstendige næringsdrivande i landbruksnæringa. Landbruksteljinga 2010 viser at over halvparten av brukarane (55,8 pst.) er utan formell landbruksutdanning. Delen som har landbruksutdanning tilsvarande grunnkurs og liknande (nivå 2 og 3) utgjer 28,4 pst., mens dei med høgare utdanning utgjer 15,9 pst. Ein stor del av dei 20 mill. kronene som fylkeskommunane blir tildelt til likestilling, kompetanse og rekruttering årleg, blir nytta aktivt til kompetanseheving blant vaksne bønder. Fleire fylke har kampanjar for å auke rekrutteringa til naturbruksskolane, og fleire fylke har satsa på agronomkurs for vaksne, med god deltaking. Matmerk forvaltar midlar til kompetanseheving i landbruket (6 mill. kroner), og har mellom anna gjeve midlar til utredning av nye tilbod i fagskolane.
Departementet vil ha auka likestilling og auka deltaking frå kvinner i landbruks- og matsektoren. Departementet vil ha minst 40 pst. kvinneleg representasjon i eigarskap, næringsutøving og styrande organ i landbruks- og matsektoren.
Kvinner eig i dag 25 pst. av alle landbrukseigedommar, og delen kvinnelege aktive brukarar er om lag 14 pst. Kvinner driv og eig ofte dei minste gardsbruka. Fleire av samvirkeorganisasjonane har nådd målet om minst 40 pst. representasjon av kvart kjønn i sine styre.
Den delen av BU-midlane som gjev tilsegn til kvinneretta tiltak aukar. Tilsegn frå BU-midlane blir registrerte som kvinneretta når m.a. kvinner er med på å starte, eller er medeigar i, eigen verksemd/eigedom der prosjektet blir gjennomført. I 2012 var delen kvinner på 52 pst. for BU-midlane totalt, mot 48 pst. i 2011. For tilskott til investeringar innan tradisjonelt jord- og hagebruk var delen 45 pst. i 2012, mot 41 pst. i 2011. For bygdenæringar har delen auka frå 70 pst. i 2011 til 76 pst. i 2012.
Innan reindrifta var det i 2011 til saman 65 kvinnelege siidaandelsinnehavarar. Dette utgjer 12 pst. av totalen på 538 siidaandelar. Dei fleste av dei kvinnelege innehavarane er mellom 31 og 50 år. Alle er leiar for ein siidaandel med under 600 rein. Vidare er det 145 felles siidaandelar. Dette utgjer om lag 27 pst. Kvinnene som står oppført med rein i melding om reindrift eig 25 pst. av det totale talet på rein.
Konkurransedyktige inntekter
Regjeringa vil sikre utøvarane i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Regjeringa vil difor vidareutvikle inntekts- og velferdspolitikken med utgangspunkt i den landbrukspolitikken som er ført etter 2005.
Frå 2006 til 2013 har bruttoinntektene i jordbruket auka med over 9 mrd. kroner, etter at dei låg nokså stabilt rundt 30 mrd. kroner i ei årrekke. Kostnadene har auka med nesten 6 mrd. kroner.
For perioden 2006 til 2013 er inntektsauken per årsverk berekna til 80,5 pst., eller vel 132 000 kroner. Då er verdien av jordbruksfrådraget inkludert, og veksten inneheld kompensasjon for auka folketrygdavgift i 2012.
Departementet vil sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak og auka lønnsemd. Tilgangen på slaktedyr er avhengig av kalvetilgangen, tap av dyr og kor mange dyr reineigaren set til livdyr. Slaktevolumet i 2011 og 2012 gjekk ned samanlikna med det svært høge slaktevolumet i 2010. I 2012 var uttaket 68 902 rein på listeførde slakteri mot 66 266 rein i 2011 (2010: 80 855). Dette utgjorde 1 552 tonn i 2012 og 1 493 tonn i 2011 (2010: 1764).
Produktivitet samanlikna med talet på rein kan fortelje mykje om korleis tilpassinga mellom rein og beite er i eit område. Ein høg totalproduksjon per livrein vil ofte innebere god kalvetilgang, lite tap og gode slaktevekter. Totalproduksjonen per livrein varierer mykje mellom reinbeiteområda og mellom distrikta i det enkelte område. Mellom driftsåret 09/10 og 10/11 blei den samla produksjonen redusert frå 8,0 kg per livrein til 7,3 kg per livrein.
Tal frå totalkalkylen for reindrifta viser ein nedgang i resultatoppnåinga dei siste åra. Reduksjonen skuldast i hovudsak ein nedgang i kjøttinntektene grunna ein reduksjon i produsentprisen og redusert slakteuttak. I tillegg har det vore ein vesentleg auke i kostnadene dei siste åra. Vederlaget for arbeid og eigenkapital blei redusert frå 160,9 mill. kroner i 2010 til 136,0 mill kroner i 2011. Målt per årsverk er vederlaget til arbeid og eigenkapital redusert frå 153 000 kroner i 2010 til 123 000 kroner i 2011, og målt per siidaandel er vederlaget til arbeid og eigenkapital redusert frå 265 300 kroner i 2010 til 213 600 kroner i 2011.
7 Overordna mål: Berekraftig landbruk
Resultatområde | Delmål |
---|---|
Beskytte arealressursane | Avgrense omdisponeringa av dyrka jord (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) til under 6000 dekar pr. år |
Sikre økologisk berekraft i reindrifta gjennom eit tilpassa reintal til tilgjengeleg arealgrunnlag | |
Produksjon av miljøgode | Ta vare på og utvikle landbruket sitt kulturlandskap, inkludert ta vare på variasjonen i prioriterte kulturlandskap i jordbruket |
Meir målretta miljøinnsats i skogbruket | |
Sikre naturmangfald | Auka bruk og vern av dei genetiske ressursane i landbruket |
Ta vare på artsmangfaldet i jordbruket sitt kulturlandskap | |
Størst mogleg del av globalt frømangfald deponert i frøhvelvet på Svalbard | |
Klimautfordringane – landbruket ein del av løysinga | Reduserte utslepp av klimagassar frå landbruket |
Større klima- og energivinstar frå landbruket | |
Redusere forureining frå jordbruket | Redusert miljø- og helserisiko ved bruk av plantevernmiddel |
Vassførekomstane i jordbruksdominerte område skal ha god økologisk status innan 2021 |
Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skapar økonomiske verdiar og miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit produkt av eit aktivt landbruk. For å sikre at befolkninga i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv og drivast på ein berekraftig måte.
Beskytte arealressursane
Det er eit mål å avgrense omdisponeringa av dyrka jord (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) til under 6 000 dekar per år. For 2012 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 6 567 dekar dyrka jord til andre føremål enn landbruk. Det er den lågaste registrerte omdisponeringa av dyrka jord sidan 1976, og heile 42 pst. lågare enn snittet for 10-årsperioden før jordvernmålet blei sett første gongen i 2004 (11 400 dekar). Snittet for dei siste 5 åra er på om lag 7 200 dekar. Tala for omdisponering for dyrkbar mark er også mykje lågare enn for 10-årsperioden 1994-2003. Samla sett har ikkje tala for totalt dyrka jordbruksareal i landet gått ned i takt med omdisponeringa, mellom anna grunna nydyrking. Mange av dei aller beste jordbruksareala er likevel omdisponerte og erstatta av mellom anna nydyrka areal som i mange tilfelle er meir marginale.
Det er eit mål å sikre økologisk berekraft i reindrifta gjennom eit tal på rein tilpassa det tilgjengelege arealgrunnlaget. Talet på rein har tidlegare vore regulert på distriktsnivå gjennom eit øvre reintal. I reindriftslova frå 2007 blir talet på rein regulert gjennom bruksreglane. Det er distriktsstyret som skal utarbeide bruksreglane. Deretter blir bruksreglane godkjente av områdestyra. Når det gjeld fastsetjing av det øvre talet på rein skal distriktet i tillegg leggje fram vedtaket sitt for Reindriftsstyret for endeleg godkjenning. Ved utgangen av 2011 hadde alle sommar- og heilårsdistrikta fått godkjent bruksreglane sine. Det er i dag om lag 250 000 rein. Ut frå godkjende bruksreglar vil det vere nødvendig å redusere talet på rein med i underkant av 40 000 over ein 3-års periode. I all hovudsak skal denne reduksjonen skje i reinbeiteområde i Aust- og Vest-Finnmark.
Eit for høgt tal på rein over tid gjev reduserte slaktevekter. Gjennomsnittlege slaktevekter for vaksne dyr er tilnærma uendra frå 2011 til 2012, og ligg framleis på vel 30,0 kilo. For kalv ligg vektene i den same tidsperioden også uendra på 18,7 kilo. Dei gjennomsnittlege slaktevektene i Finnmark har dei siste åra variert mykje. I siste del av 1990-talet var slaktevektene låge. Frå 2000/2001 og dei to påfølgjande åra auka slaktevektene markert, for deretter igjen å bli redusert betydeleg fram mot 2011. Områda sør for Finnmark og Polmak/Varanger har betre slaktevekter enn Karasjok og Vest-Finnmark. Slaktevektene sør for Finnmark og Polmak er prega av meir tilfeldige årlege svingingar i vektene. For desse områda er det klimatiske svingingar som er hovudårsaka til endringane i vektene.
Produksjon av miljøgode
Det er eit mål å ta vare på og utvikle landbruket sitt kulturlandskap, inkludert å ta vare på variasjonen i prioriterte kulturlandskap i jordbruket. I perioden 1999–2012 er det estimert ein reduksjon i totalt jordbruksareal på om lag 4 pst. Nedgangen i jordbruksareal heng i all hovudsak saman med reduksjon på 14 pst i arealet med åker og hage. Innmarksbeitearealet (annan eng og beite) har i den same tidsperioden auka med 17 pst.
Frå 2005 har eit nytt digitalt kartgrunnlag vore i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Tal frå Statens landbruksforvaltning (SLF) viser at arealmåling frå nytt kartverk i perioden 2005–2012 innebar ein reduksjon i arealet på 3 pst. i snitt i dei kommunane der kartverket blei teke i bruk. For dei andre kommunane var nedgangen 0,1 pst. i snitt. Effekten av det nye kartverket kan vere ein følgje av meir nøyaktige målingar. Det kan også vere ein følgje av at endringar som har skjedd over tid først blir fanga opp når eit nytt kartverk blir teke i bruk.
Beiting i utmark er viktig for å ivareta kulturlandskap og for mange plante-, sopp- og dyreartar. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for at både storfe, geit og sau er på beite. Det var totalt 2,2 mill. beitedyr i utmark i 2012, noko som er ein reduksjon på om lag 50 000 frå 2011. Det er ein tilbakegang i talet på sau, lam og geit på utmarksbeite. Det har vore ein auke i talet på storfe på utmarksbeite sidan 2008, og talet er no på same nivå som i 1999. 27 pst. av alle storfe gjekk på utmarksbeite i 2012.
Landbruks- og matdepartementet samarbeidde med Miljøverndepartementet om 22 utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2012, der oppgåvene har vore å ta vare på viktige miljøverdiar gjennom istandsetjing og skjøtsel. Til saman blei det sett av 14 mill. kroner til satsinga i 2013. Det er inngått over 300 avtalar om skjøtsel, og meir enn 400 grunneigarar/drivarar har motteke tilskott frå satsinga.
I 2012 var det avslutta og godkjent skogbruksplan med miljøregistreringar (MiS) på om lag 5 mill. dekar. Det økonomisk drivverdige skogarealet er på 67 mill. dekar. Om lag 83 pst. av dette arealet er kartlagd med MiS-registreringar. Det er no starta opp nye skogbruksplanprosjekt i område der det er miljøregistreringar frå førre runde. Før eksisterande data blir ført vidare i nye planar blir dei kvalitetssikra og reviderte. Det blir då vurdert om det er behov for ny kartlegging.
Med grunnlag i skogbruksplanlegging med miljøregistreringar set skogeigarane til side livsmiljø der det blir teke særleg omsyn til miljøverdiane. I 2012 var det totalt sett til side meir enn 100 000 livsmiljø med eit samla areal på omkring 500 000–600 000 dekar. Ved vidare miljøregistrering vil det komme til fleire livsmiljø, og dette vil gjere det mogleg å bytte ut nokon av dei eksisterande med nye.
Sikre naturmangfald
Regjeringa har som mål å auke bruk og vern av genetiske ressursar i landbruket. Det er særs viktig å ta vare på det biologiske mangfaldet og dei genetiske ressursane som er grunnlag for landbruk og matforsyning, og hindre tap av biologisk mangfald.
For husdyr som blir brukt i avl er storleiken på populasjonen det enklaste målet på om ei rase er trua eller berekraftig. FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) har utarbeidd retningsliner for korleis ein kan kategorisere rasar etter kor trua dei er. Etter revisjon i 2012 er 17 av dei 35 rasane som er rekna som nasjonale i Noreg i kategorien Kritisk trua. Tre av storferasane og alle hesterasane er blant desse. Ytterlegare 11 rasar reknast som Trua. Når det gjeld desse trua rasane er det sett i verk tiltak som skal sikre dei for framtida. For dei store avlspopulasjonane ligg det føre tal for effektiv populasjonsstorleik, som gjer greie for talet på dyr som bidreg med gen i neste generasjon. Ein effektiv populasjonsstorleik på over 100 reknast for å vere berekraftig. For 2012 er dette talet for NRF 195, norsk kvit sau 86, spælsau 455, norsk sjeviot 156, norsk mjølkegeit 500 og for norsk landsvin 111. Det er foredlingsprogram for til saman 13 planteartar, mellom anna på korn, potet, engvekstar, frukt og bær. Det årlege talet på nye sortar som blir godkjende er eit mål på aktivitet innanfor planteforedlinga i Noreg og på tilbodet av eigna plantesortar ut til bonden. I 2012 blei det teke opp 13 nye sortar på den norske sortslista, av desse var fire utvikla i Noreg. Det er også oppretta bruksgenbankar for gamle sortar korn og potet, der interesserte bønder kan få materiell for utprøving.
Innanfor skogbruket var det utprøvd 3 176 individ i foredlinga på gran i 2012. Desse dannar grunnlaget for å velje ut dei 1 150 beste individa i ein framtidig foredlingspopulasjon, jf. målsetjingar i Strategi for skogplanteforedling 2010–2040. Genressursreservata for skog som blir oppretta i verneområda, skal bevare genressursane og bidra til å sikre den potensielle tilgangen til genetisk materiale frå ulike klima og veksestadar. Det er oppretta 23 genressursreservat for skog og 10 ulike treslag (under dette alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommereik, spisslønn, vintereik og gran).
Som forvaltar av store areal med viktige biologiske verdiar har jordbruket eit særskilt ansvar for det biologiske mangfaldet og å ta vare på mangfaldet av artar i jordbrukets kulturlandskap. Overvakingsprogrammet 3Q – Overvaking av tilstanden og resultatkontroll i jordbruket sitt kulturlandskap – undersøkjer to grupper artar, fuglar og karplanter. Desse er indikatorar for endringar i biologisk mangfald i kulturlandskapet. Begge gruppene er svært samansette, med artar med mange ulike krav til livsmiljø.
I løpet av perioden 2000–2011 har det blitt registrert 160 fugleartar på dei 130 analyseflatene som blir overvaka med jamne mellomrom. Blant desse er det også 35 artar som er raudlista. Om lag 50 av dei registrerte artane finst på nok flater til at 3Q-programmet kan fange opp reelle endringar over tid, og seks av desse artane er oppført på raudlista. Ei viktig oppgåve for 3Q-programmet er å knyte endringar i utbreiing og tal på fuglearter til 3Q-areala og endringar i jordbrukslandskapet. Fugleartar som har meir enn halvparten av bestanden knytt til jordbrukslandskapet, blir definerte som kulturlandskapsartar. 3Q viser at aukande grad av jordbruksareal på ei registreringsflate gjev fleire kulturlandskapsartar og fleire hekkande par.
Overvakinga av karplanter skjer på to slags areal, beitemark som aktivt blir beita av husdyr, og villeng som er tidlegare beita mark og dyrka mark som gror att. Dette er område med stort biologisk mangfald og som er sterkt utsette for endringar i bruk. I den første gjennomgangen av dei utvalde 3Q-areala blei det funne til saman 483 artar av karplanter i dei permanente vegetasjonsrutene. Av desse var det berre 10 pst. som blei funne på meir enn halvparten av areala, mens heile 382 artar blei funne på mindre enn 10 pst. av areala. Det er naturleg at artar ikkje veks over alt, men ei negativ utvikling over tid vil vere uheldig. Blant artane som er funne, var 58 unike for beitemark og 112 unike for villeng. Dette viser at på areal der beitedyra blir borte over lengre tid, kan artar som ikkje kan greie seg utan beitedyra forsvinne på sikt mens andre artar kjem til.
Det er no sett i gang kartlegging av endringar sidan den første gjennomgangen. Delar av Austlandet er ferdig kartlagd. Av 76 analyseruter hadde berre areala for 19 ruter endra kategori. Talet på analyseruter som låg på beitemark hadde gått tilbake fordi det ikkje lenger er beite og areala er gått over til villeng eller skog. Talet på ruter i villeng hadde gått litt tilbake – noko har blitt skog og noko er teke opp att som beite.
Desse endringane i arealbruk har også verka inn på karplantene. Blant dei 22 artane som var meir vanleg på beitemark enn i villeng etter første kartlegging, hadde 14 av artane gått tilbake i spreiing, ein art var uendra og 7 artar hadde ei svak auke i spreiinga. Hos dei artane som var mest vanlege i villeng hadde 12 artar auka spreiing, 10 gjekk noko tilbake, mens 4 artar hadde uendra status.
Spreiing av svartelista artar er ofte knytt til menneskeleg aktivitet. Dei svartelista artane som blei registret i 3Q viser også spreiing. Av 5 svartelista artar har 4 artar auka i utbreiing mellom omdrev 1 og 2. Brorparten av rutene der desse artane er funne er typiske villengruter, men artane er også oppdaga i beitemark. Det er difor viktig å ha merksemd på svartelista artar i jordbrukslandskapet.
I upløgde og permanente enger har viktige engvekstar fått utvikle seg over lang tid etter klima og andre vekstvilkår. Dette har resultert i stor genetisk variasjon i viktige eigenskapar. Det er 381 slike in situ bevaringslokalitetar med genressursar i kulturlandskap som blir halde ved like etter skjøtselsplan og avtalar. Brorparten av engene inngår i Handlingsplan for slåttenger hos Direktoratet for naturforvaltning. Dei andre er stort sett resultat av initiativ i fylke der ymse støtteordningar bidreg til at tradisjonell skjøtsel og drift held fram.
Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar over heile verda. 27 institusjonar la til saman inn 58 028 nye frøprøvar i 2012, som gav ein auke i samlinga på 8 pst. frå 2011. Det var ein nedgang i talet på prøvar samanlikna med 2011. Denne nedgangen var venta då genbankene med dei største frøsamlingane av matvekstar no har sendt inn frø til Svalbard.
Ved utgangen av 2012 var 774 601 sikkerheitsprøvar av frø deponert i frølageret frå 53 genbankar.
Klimautfordringane – landbruket ein del av løysinga
Det er eit mål å redusere utslepp av klimagassar frå landbruket.
Dei førebelse utsleppstala viser at det blei slept ut 52,9 mill. tonn klimagassar frå norsk territorium i 2012. Det er 0,4 mill. tonn, eller 0,8 pst., mindre enn i 2011. Lågare utslepp frå gasskraftverk som har vore køyrt lite, har bidrege mest til nedgangen.
Bortsett frå i 2009, då utsleppa gjekk ned som følgje av låg økonomisk aktivitet, har ikkje utsleppa vore så låge sidan 1995. Utslepp per produserte krone (faste prisar), såkalla utsleppsintensitet, fortsett å falle. Som året før var det i 2012 både auka aktivitetsnivå i norsk økonomi og ein nedgang i klimagassutsleppa. Utsleppa i 2012 var likevel 5,1 pst. høgare enn i 1990.
Utsleppa frå jordbruk gjekk ned med 0,2 pst. samanlikna med 2011 og 10,3 pst. samanlikna med 1990.
8 pst. av klimagassutsleppa i 2011 stamma frå jordbruket (4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar).
Av dette var 47 pst. CH4, 44 pst. N2O og 9 pst. CO2. Jordbruket utgjer ei av dei største kjeldene for utslepp av klimagassane CH4 (metan) og N2O (lystgass). For 2011 kom 50 og 70 pst. av dei norske utsleppa av metan og lystgass frå jordbruket. Utsleppet frå jordbruket av klimagassar stammar frå biologiske prosessar i vomma hos drøvtyggarar og biologiske og kjemiske prosessar i husdyrgjødsel og jordsmonn, men det blir også berekna utslepp frå forbrenning, både stasjonær og frå traktorar, maskiner og reiskapar.
Nettoopptaket av CO2 i skog og skogareal var ved det siste rapporteringa til Klimakonvensjonen på 29,53 mill. tonn CO2-ekvivalentar for 2011. Av dette utgjer det som er ført under Kyoto-protokollen Artikkel 3.3 på skogreising og avskoging 0,655 og 2,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar (netto -2,15 mill. tonn CO2). Opptaket i eksisterande skog som følgje av skogskjøtsel, som er ført under Kyotoprotokollen Artikkel 3.4 om skogforvaltning, er berekna til 31,686 mill. tonn CO2-ekvivalentar (levande – og daud biomasse og jord). Når det gjeld dei andre arealkategoriane (dyrka myr, åkerland med vidare) er desse berekna til å bidra til eit utslepp på 2,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Totalt nettoopptak for skog og andre areal (LULUCF sektor) i 2010 blir dermed 28,79 mill. tonn (alle karbonlager – mellom anna tilskoging, avskoging, arealbruksendringar, gjødsling og skogbrannar). Den samla klimaeffekten frå skogsektoren må vurderast ved å sjå netto skogopptak i samanheng med klimatenestene fornybart skogråstoff bidreg til ved substitusjon av fossile utslepp i form av trebruk i byggsektoren og bioenergi. 13,1 pst. av det hogstarealet som blei kontrollert i 2011 (dvs. hogst gjennomført i 2008) hadde eit plantetal under det minste lovlege plantetalet ved kontrolltidspunktet. Om lag ein tredjedel av dette arealet er klassifisert som naturleg forynga, noko som gjer det vanskeleg å berekne kor stor del som vil vere over minste lovlege når den framtidige forynginga er etablert.
I 2012 blei det i Noreg sett ut 25,8 mill. skogplanter over eit areal på 150 000 dekar. Samanlikna med 2011 tilsvarer dette ein auke i talet på planter på 11 pst. Av anna skogkulturarbeid blei 8 500 dekar skog gjødsla i 2012. Dette er ei auke på om lag 45 pst. (2 700 dekar) fra året før.
Departementet legg stor vekt på medverking i realiseringa av bioenergistrategien til regjeringa, og gjev mellom anna støtte til produksjon av energiflis og etablering av gardsvarmeanlegg og anna gjennom eit eige bioenergiprogram.
I løpet av dei tre åra energiflisordninga har vore i drift, har produksjonen auka frå rundt 60 000 til 880 000 lauskubikkmeter i 2012. Produksjonen i 2012 tilsvarar om lag 700 mill. kWh. Samla over 80 pst. av tilskottet gjekk i 2012 til pleie av kulturlandskap; mens flising ved første gongs tynning og uttak av Grot har motteke 9,2 og 8,4 pst av midlane. Volumet av produsert flis som tilskottet har løyst ut, svarar til varmebehovet til om lag 70 000 husstandar, og kan erstatte 74 mill. liter fyringsolje. Dette gjev ein potensiell reduksjon i klimagassutsleppa på 197 000 tonn CO2.
Satsinga på bioenergi gjennom Bioenergiprogrammet bidreg til meir miljøvennlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. I 2012 blei det ein nedgang i energileveransar frå programmet på om lag 25 pst, frå 42,5 GWh og ned til 30,3 GWh. Nedgangen var størst innanfor gardsvarme til næringsanlegg, varmeanlegg og veksthus. Aktiviteten under dei andre målområda i programmet låg i 2012 på omtrent same nivå som tidlegare. Prosjekta løyste i 2012 ut ein energiproduksjon tilsvarande 30,3 GWh.
Tre som bygningsmateriale har klare miljømessige fortrinn, og Noreg har store uutnytta skogressursar. Bruk av tre legg grunnlaget for lokal og regional næring. Regjeringa har eit mål om å auke bruken av tre, og støttar opp om trenæringa sitt eige mål om å auke forbruket av trelast per innbyggjar til 0,75 kubikkmeter. Sidan år 2000 auka bruken av tre kvart år fram til 2007, då var forbruket oppe i 0,83 kubikkmeter trelast per person/år. Etter finanskrisa fall forbruket betydeleg, men aukar igjen no. Forbruket i 2010 var 0,68 kubikkmeter per person og i 2012 var trebruken per innbyggjar komme opp i 0,73 kubikkmeter. Tresatsinga til regjeringa blir forvalta av Innovasjon Noreg gjennom Trebasert Innovasjonsprogram. Programmet har dei siste åra hatt høg aktivitet og bidrege til utvikling av fleire store treprosjekt.
Redusere forureininga frå jordbruket
Omsetnaden av plantevernmiddel har variert mykje frå år til år, først og fremst grunna tilpassing av innkjøp til endringar i avgiftsnivået og prisvariasjonar på verdsmarknaden. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt, men sett i forhold til nivået i 1996/1997 har det vore ein reduksjon både når det gjeld helse- og miljørisiko.
Sjølv om den totale omsetnaden av plantevernmiddel ikkje er redusert dei siste åra, utgjer bruken av preparat/stoff ein lågare helse- og miljørisiko grunna overgang til betre alternativ. Den auka bruken i 2012 var grunna mykje nedbør i vekstsesongen. Dette førte til auka behov for sprøyting mot soppsjukdommar.
Det er eit mål at alt vatn skal oppnå god, økologisk tilstand innan 2020, jf. vassforskrifta. Dei første forvaltningsplanane blei vedtekne av Kongen i statsråd i juni 2010. Desse planane dekkjer om lag 20 pst. av vatnet i Noreg. I 2014 vil arbeidet med å utarbeide forvaltningsplanar for resten av landet fortsetje. Redusere vassforureining (avrenning frå næringsstoff og plantevernmiddel) er ein viktig del av miljøarbeidet i jordbruket. Endra jordarbeiding (inga haustpløying) er av dei viktigaste tiltaka for å avgrense avrenninga av næringsstoff og partiklar til vassdrag. Hausten 2012 blei 1,5 mill. dekar omfatta av tiltaket, noko som utgjer om lag 51 pst. av alt kornareal. Ein føresetnad for ein målretta og effektiv verkemiddelbruk er at innsatsen blir sett inn på rett stad. Det er for tidleg i prosessen å rapportere på vassførekomstar med betra status som følgje av tiltak som allereie er sette i gang i jordbruksområda. Dette vil tidlegast bli gjort i budsjettet for 2016.
8 Forsking og innovasjon skal bidra til at dei overordna landbruks- og matpolitiske måla blir nådde
Forsking og forskingsbasert innovasjon er eit av dei viktigaste verkemidla for at dei overordna måla i norsk landbruks- og matpolitikk blir nådde; matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Regjeringa legg difor til rette for ein kontinuerleg høg kunnskapsproduksjon på dette området. Til saman blir det årleg nytta vel 640 mill. kroner til forsking i sektoren over statsbudsjettet og frå næringsaktørane gjennom Fondet for forskingsavgift på jordbruksprodukt og Skogtiltaksfondet. Ei nærare omtale av løyvingane frå Landbruks- og matdepartementet og ulike verkemiddel er gjevne i kap. 1137. I denne rapporteringa vil innsats og resultat på utvalde område innanfor dei åtte delmåla for landbruks- og matforskinga omtalast:
Auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat innanfor eit endra klima
Auka berekraftig produksjon av skog innanfor eit endra klima
Reduksjonar i utslepp til luft og vatn, og eit høgt opptak av CO2 i skog og jord
Auka innovasjon og konkurranseevne
God kunnskapsutvikling for forvaltninga
Høg kvalitet og relevans i forskinga
Høg internasjonalisering av forskinga
Effektiv kommunikasjon og formidling
Auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat innanfor eit endra klima
Det er nødvendig med ein omfattande forskingsinnsats på matområdet for å nå måla som regjeringa set for berekraftig produksjon av nok og trygg mat, og for å kunne auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen til den veksande befolkninga. På sikt vil det vere eit særleg behov for å auke kunnskapen knytt til betre agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn, og forsking som fremjar auka innovasjon og konkurransekraft i næringsmiddelindustrien. Forsking på desse områda må kombinerast med auka kunnskap om korleis klimagassutslepp som følgje av matproduksjon, kan haldast så låge som mogleg.
Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet, noko som blir reflektert i forskingsløyvingane. Berekningar frå Noregs forskingsråd syner at løyvingane frå departementet retta mot matområdet har lege på omkring det same høge nivået dei siste tre åra. Kvaliteten på forskinga er generelt god, og Noreg ligg i den internasjonale kunnskapsfronten på enkelte område, for eksempel innanfor avl, teknologiutvikling og reduksjon av klimagassar. Den samla nasjonale forskingsinnsatsen på området har derimot gått ned dei siste åra.
Gjennom løyvingar til BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon og fram til forbrukar. Resultata frå forskinga skal komme til nytte både hos næringsutøvarar og forbrukarar.
God dyre- og plantehelse er avgjerande for berekraftig produksjon av trygg mat. Klimaendringar med auka fare for introduksjon av nye skadegjerarar og sjukdommar vil krevje ny kunnskap på dette området. Fleire prosjekt finansiert gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse. Prosjektet «Løsdrift for mjølkeproduksjon hos ku» har mellom anna undersøkt korleis ulike planløysingar og material- og konstruksjonsval påverkar helse og velferd hos mjølkekyr. Resultat frå prosjektet peikar på konkrete tiltak for å redusere førekomst av skadar, og forhold som kan redusere talet på mastittbehandlingar og som kan betre fruktbarheita. Det er også sett i gang ulike prosjekt retta mot sauehelse, mellom anna eit som ser på tiltak for å redusere daudfødslar og tidleg lammedaud, og eit som ser på ulike tiltak for å redusere førekomst av flått og flåttbåren sjukdom hos sau. Innanfor plantehelse har eit prosjekt gjeve resultat som vil vere av betyding for å få bukt med ein spesiell type skadegjerar på mellom anna ruccola, brokkoli og blomkål. Det er også sett i gang forsking knytt til ein meir effektiv og miljøvennleg måte å få bukt med ugras og sjukdommar. Sistnemnde er ein del av eit større, tverrfagleg prosjekt knytt til presisjonsjordbruk.
For å sikre at maten som kjem fram til forbrukar er trygg, er det avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt. Det er starta opp fleire prosjekt innan førebyggjing og overvaking av sjukdomsframkallande bakteriar. Det er mellom anna undersøkt korleis mikroorganismar reduserer haldbarheita av ulike næringsmiddel, og det er utvikla metodar som gjer det enklare å finne smittekjelda ved e.coli-utbrot. Eit anna avslutta prosjekt har dessutan gjeve oss auka kunnskap om korleis muggsopp dannar biofilm på produksjonsutstyr og i produksjonslokale. UMB og Nofima AS er i gang med bygginga av eit nytt pilotanlegg for matvareprosessering på Campus Ås. Anlegget, som blei finansiert gjennom Infrastrukturmidlar frå Noregs forskingsråd, vil vere sentralt i framtidige forskingsprosjekt knytt til mattryggleik.
Løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet har finansiert forskingsprosjekt som har gjeve oss auka forståing for korleis maten kan gjerast betre, sunnare og meir haldbar, og kunnskap om kva som styrer matvala til forbrukarane. Forsking på dette området har mellom anna gjeve oss kunnskap om korleis dyrkingsteknikk og lagringsforhold verkar inn på kvalitet og næringsinnhald i bær, frukt og grønsaker, og vi har fått kunnskap om korleis vi kan redusere saltinnhaldet i omarbeidde matvarer. Vidare har ein nyutvikla kjølemetode gjort det mogleg å auke haldbarheita av ferskt kjøtt og fisk med fleire dagar, og ein ny type indikator gjer det mogleg med meir nøyaktig indikasjon på haldbarheit ved å måle både tida og temperaturen vara blir utsett for. Det blir også arbeidd med å utvikle eit enkelt og hendig instrument som kan brukast til rask screening av oksidasjon/harskning på mat. Dei sistnemnde prosjekta er viktige bidrag for å redusere mengda av matavfall. I Noreg blir det kasta omkring 377 000 tonn mat i året, og dei produkta som blir kasta mest av er brød, frukt og grønt i tillegg til meieri- og kjøttprodukt (NIFU 2012). Utnytting av biprodukt og resirkulering av avfall krev ny kunnskap og tverrfaglege tilnærmingar. I prosjektet CYCLE skal industri og forskarar arbeide saman om å utnytte mat som ikkje når fram til butikkhyllene i dag. Alle ledd, frå produksjon til prosessering, skal optimaliserast slik at alle ressursane kan utnyttast. CYCLE skal bidra til mest mogleg miljøvennleg utnytting av bioråstoff med verdiskaping som fokus. Næringsmiddelindustrien har vore involvert i fleire av prosjekta på matområdet. Samarbeidet mellom næringsmiddelindustrien og forskingsmiljøa er styrkt, og fleire bedrifter har innført ny teknologi basert på dei forskingsresultata som er produkt av samarbeidet. Samarbeid og forskingsbasert innovasjon er viktig for å auke konkurransekrafta i næringsmiddelindustrien.
Regjeringa har sett seg som mål å auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen til den veksande befolkninga. Samtidig skal det takast omsyn til miljø og klima. For å nå dette målet er det avgjerande at dei ressursane vi har til rådigheit blir utnytta på ein best mogleg måte. Avlsarbeid for størst mogleg produksjon frå friske og sunne dyr, og sortutvikling som sikrar eit plantemateriale tilpassa klimaforholda, vil vere viktig i denne samanhengen. Løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet har finansiert fleire prosjekt på dette området, derav fleire med brei brukarmedverking. Norsk avlsarbeid er leiande internasjonalt, og kan by på store moglegheiter for samarbeid innanfor forsking og næring. Det er mellom anna sett på modellar for avlsframgang og utvikla ein ny metodikk for inkludering av nye eigenskapar av økonomisk betyding i avlsmåla. Avlsorganisasjonane innanfor alle husdyrartar var med på dette prosjektet. Kunnskap som sikrar berekraftig og klimatilpassa produksjon av mat, derunder kunnskap knytt til betre agronomi, vil få enda større betyding i tida framover.
For å nå målet om at Noreg på ein berekraftig måte skal auke matproduksjonen i takt med befolkningsveksten i landet, lyste Bionær i 2012 ut midlar til eit stort prosjekt med tema agronomi. Hovudtyngda av prosjektet skulle liggje innanfor agronomi, med opning for å strekkje enkelte aktivitetar utover i verdikjeda. Utlysinga la til rette for tverrfagleg og tverrinstitusjonelt samarbeid, og er den største satsinga på å gjenoppbyggje agronomisk forsking på mange år. Det er sett i gang eit omfattande, tverrvitskapleg forskingsprosjekt som involverer ei rekkje aktørar frå ulike forskingsinstitutt og næringsliv. Prosjektet heiter AGROPRO – agronomi for auka matproduksjon. Utfordringer og moglegheiter, og er finansiert av Noregs forskingsråd. Målet er å undersøkje moglegheiter og begrensingar for at forbetra agronomisk praksis kan bidra til auka og berekraftig matproduksjon i Noreg.
Auka berekraftig produksjon av skog innanfor eit endra klima
Forskingsprogramma BIONÆR og ENERGIX følgjer opp overordna politiske føringar for å levere forskingskunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd.
Det blir arbeidd målretta med å etablere store tverrfaglege prosjekt som på brei basis analyserar betydinga av skogen i klimasamanheng. Dette arbeidet dekkjer heile livslaupet, frå etablering, skjøtsel og avverking, til livslaupsanalysar innanfor verdikjeda tremekanisk industri, papirindustri og bioenergi. Det er eit komplekst samspel mellom primærproduksjon, hausting og bruken av trebaserte produkt i samfunnet. Dette gjer tverrfaglege tilnærmingar og eit tett samarbeid mellom næringsliv, forsking og forvaltning heilt nødvendig. Ein forskingsmessig utfordring i dette arbeidet er å bidra med kunnskap som balanserar auka innsats for klimatiltak i skog, økonomisk avkastning i skogbruket, og som samtidig tek omsyn til miljøverdiar og biologisk mangfald.
Innan området bioenergi har erfaringa med å byggje ut lokal varme vore positiv, og framtidig lokal utbygging vil kunne vere knytta til små kombinerte varme/kraftanlegg. Gjennom det kompetansebyggande prosjektet KRAV (Enabling small scale biomass CHP in Norway) er det hos SINTEF/NTNU og næringsaktørane i prosjektet bygd opp vesentleg kompetanse på småskala kombinert kraft- og varmeløysingar (CHP) for norske forhold. CHP utnyttar energien mykje betre samanlikna med separat kraft- og varmeproduksjon, og gjer det mogleg å få til ein distribuert og fleksibel kraftproduksjon frå kortreist biomasse.
CHP frå rimelege biomassefraksjonar i Noreg er ein realitet allereie i dag, men det er eit stort potensial for å utnytte større biomasseressursar til dette, og å auke verknadsgrader. Spesielt restfraksjonar frå jordbruket er eigna, primært via anaerobisk nedbryting og konvertering til biogass. Forsking på metodar for å auke biogassutbyttet frå ulike restfraksjonar og å auke verknadsgrader, kan auke effektiviteten.
Det har i mange år vore aukande interesse for bruk av tre i større byggverk, både i konstruksjonen og i fasadekledning. Haldbarheit og auka levetid for trefasadar er sentrale utfordringar. To prosjekt har utvikla nye metodar for fastsetjing av fargesoppar og råtesoppar på behandla og ubehandla fasadar. Arbeidet gjev grunn til å tru at ein lettare kan berekne langtidseffektane av overflatebehandling av trevirke, for på denne måten å kunne redusere vedlikehaldskostnader.
Det er utlyst fleire forskingsprosjekt innanfor trebyggeri. Eit stort tverrfagleg prosjekt har ambisjon om å bidra til auka bruk av tre ved bygging i urbane strøk. Eit konsortium samansett av bygningsentreprenørar, arkitektar og forskingsmiljø innanfor bygg, materialkunnskap og arkitektur samarbeider om å utvikle konseptuelle løysingar for fem til åtte etasjars trebygg i byområde. Eit anna prosjekt, ved Norsk treteknisk Institutt, arbeider vidare med problemstillingar knytt til bygging med tre og energieffektivitet, utslepp og helseeffektar knytt til byggjemetode og materialval.
Innanfor temaet skogbehandling og karbonbinding er det sett i gang eit stort tverrfagleg forskarprosjekt for å undersøkje kva for rolle skogen har i klimasamanheng, med tanke på optimal utnytting av skogen for karbonlagring, tømmerutnytting og bioenergi. Prosjektet vil gje svar på problemstillingar omkring optimal hogstalder for karbonbinding i skog og utvikle modelleringsapparat for å styrkje optimal bruk av skog sett i forhold til ulike mål.
Nokre prosjekt har allereie resultert i store forandringar i norsk skogbruk. Det er mellom anna utvikla ein enkel og praktisk metode for å nytte flybåren laserskanning av skog i kombinasjon med feltregistreringar. Den nye teknologien gjev skogdata med høg presisjon. Metoden kan også nyttast til å bedømme økosystemfunksjonar i skogen, for eksempel ved lokalisering av vekstområde for artar som er viktige å bevare av omsyn til det biologiske mangfaldet.
Behovet for å styrkje det internasjonale samarbeidet kjem godt til syne gjennom allereie eksisterande prosjektsamarbeid og forskarutveksling. Det blir arbeidd med å etablere eit ERA-Net innanfor temaet «multipurpose forestry», med brei europeisk deltaking.
Wood Wisdom Net 2 er eit ERA-Net med formål om å utvikle samarbeid mellom europeisk skogsektor og skogbasert industri, forsking og styresmakter. Det er finansiert frå EU’s 7. rammeprogram.
Reduksjonar i utslepp til luft og vatn og eit høgt opptak av CO2 i skog og jord
Produksjon og bruk av fornybar energi er ein viktig del av landbruket sitt bidrag for å redusere utslepp av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking skjer gjennom programmet ENERGIX i Noregs forskingsråd. Programmet dekkjer alt frå grunnleggjande forsking og utvikling til næringsretta forsking. Prosjekta er i hovudsak retta mot utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. Miljø og klima, hausting av skog til produksjon av varme og drivstoff, og biogass frå husdyrgjødsel og matavfall, har vore sentrale område i departementet si støtte til bioenergiforsking.
Auka satsing på bioenergi medfører at ein haustar meir biomasse enn ved tradisjonell hogst. Det auka biomasseuttaket vil særleg vere GROT, tynningsvirke, rydningsvirke og annan lågverdig biomasse. Departementet støttar forsking knytt til økologiske og miljømessige verknadar av dette auka uttaket med sikte på å leggje grunnlaget for berekraftig hausting og produksjon.
Utvikling av berekraftige og lønsame verdikjeder som kan levere fleire typar kvalitetsbrensel, er ein viktig del av energiforskinga innanfor landbruket. Verdikjeder må kunne styre ressursar til ulike verdikjeder; biovarme, kombinert varme/kraft, pellets, bio-olje, papir og ny bruk av fiber. Til dømes pågår det viktige FoU-prosessar i Ringerike-regionen, der det blir arbeidd med optimal bruk av heile treet, i motsetnad til tradisjonell utnytting der berre tømmerstokken blir brukt. Slike prosessar samlar forskingsmiljø, skogaktørar, industri, energiselskap og styresmakter om felles tiltak og mål. Det er stor merksemd på å kombinere ressursar frå både landbruk og energi på nye måtar.
Innanfor biovarme har departementet støtta prosjekt som fremjar samarbeid mellom biologiske og teknologiske miljø. Sintef Energi AS er eit sentralt forskingsmiljø innanfor viktige forskingsområde, som betre forbrenning og reduserte driftskostnader i bioenergianlegg. Selskapet har også vidareutvikla samarbeidet med vedbransjen, særleg ovnsprodusentane. Utvikling av nye produkt og varmeløysingar har bidrege til at bruken av ved har blitt meir berekraftig og ein viktig del av norsk bioenergibransje.
Gjennom programmet RENERGI har departementet støtta fleire biodrivstoffprosjekt. I første rekkje er dette utvikling av konverteringsteknologiar som kan omforme trevirke og anna planteavfall (lignocellulose) til motordrivstoff. Programmet RENERGI er no avslutta, og det nye programmet ENERGIX overtek heile den laupande porteføljen.
I Meld. St. 21(2011–2012) Norsk klimapolitikk går det fram at biogassproduksjon basert på gjødsel, avløpsslam og ulike typar avfall har eit vesentleg potensial for å redusere utslepp av klimagassar. Forsking på biogass vil gjere det mogleg å utnytte organisk avfall til energi og plantegjødsel, anten avfallet kjem frå bustadar, gardsbruk, industri eller frå skogen. Dermed blir behovet for mineralgjødsel redusert og utsleppa av metan, karbondioksid og lystgass vil gå ned.
På eit overordna nivå er viktige innsatsområde for forsking på biogass mellom anna teknologiutvikling og optimal drift og organisering knytt til produksjon. Dette skal gje reduserte kostnader og auka lønnsemd. Forskingssamarbeid mellom landbruket og andre sektorar om kunnskaps- og teknologiutvikling er viktig på biogassområdet.
Kunnskapsmiljøa på Ås er sentrale i landbruket si satsing på biogass, mellom anna realisering av eit eige biogasslaboratorium. Her er det etablert moderne laboratoriefasilitetar som raskt har komme i aktiv bruk av forskingsmiljø og næringsaktørar. Sentralt i dette arbeidet er Norsk senter for bioenergiforsking, der departementet mellom anna støttar prosjekt innanfor bruk av husdyrgjødsel til biogass. Her blir det utvikla kunnskap om reaktorteknologi for småskalaproduksjon, sambehandling av fleire ressursar (gjødsel, matavfall, slakteavfall, fiskeensilasje, alger, lignocellulose) og bruk av biorest til jordbruksgjødsel.
Eit lovande prosjekt utviklar ein heilt ny prosess der ligninet i bjørk kan gje biogass gjennom anaerob fermentering. Oppdaginga kan komme til å gjere det mogleg å produsere mykje meir biogass enn med dagens råstoffbase. Eit anna prosjekt ser ut til å ha nådd ein viktig milepæl i arbeidet med å utvikle reinare og meir effektiv forbehandling av våtorganisk avfall. I programmet RENERGI er det avslutta eit biogassprosjekt som studerte gardsbaserte moglegheiter med omsyn til råstoff, logistikk, produksjon, avtale- og eigarforhold og biorest til gjødsel. Dette har vore eit samarbeid mellom primærnæringa og Bioforsk, og har bidrege til eit betydeleg kompetanseløft blant aktørane.
Departementet har gjennom Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken uttrykt eit behov for meir kunnskap om opptak av CO2 i skog. I den samanheng er det starta opp eit stort samarbeidsprosjekt leia av Norsk institutt for skog og landskap. Dette skal prøve å gje svar på kva for skogbehandlingsstrategiar knytt til bruk av tømmer og biomasse, som kan gje optimal langsiktig karbonlagring. I tillegg er det viktig at det blir teke omsyn til den samfunssmessige og økonomiske betydinga av skogen.
Når det gjeld karbonbinding i jordbruksjord så er det utført eit viktig grunnlagsarbeid i rapporten «Kunnskapsstatus – Bedre agronomi – Utredning av kompetansegrunnlaget for bedre agronomi for å møte landbrukets klimautfordringer». Utarbeidinga er utført av Bioforsk, Universitetet for miljø- og biovitskap og Høgskolen i Hedmark på oppdrag frå Noregs forskingsråd. Her går det fram at det har vore for lite forsking på moglegheitene for karbonbinding i jord i Noreg. Rapporten tek for seg område der meir kunnskap er nødvendig. Departementet meiner dokumentet gjer eit godt bilete av kunnskapsstatus på området og aktuelle forskingsområde.
Auka innovasjon og konkurranseevne
Regjeringa bidreg til å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor i heile landet ved å stimulere næringane i sektoren til å forske meir og til å nytte seg av andre si forsking, både nasjonalt og internasjonalt. Landbruks- og matdepartementet vil innrette forskingsmidlane slik at dei støttar opp under innovasjonsaktivitetar i næringane gjennom tydelege forskingsprioriteringar i verdikjeda og god dialog med forskingsfinansierande aktørar.
Mange av verdikjedene innan matområdet har liten tradisjon for eiga forsking. Dette kan delvis forklarast ved strukturen i primærnæringane, med mange mindre foretak og stor geografisk spreiing. Offentleg finansiering av forsking er difor svært viktig, og næringsretta forskingsinnsats innan landbruksnæringa blir finansiert gjennom Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL).
Brukarstyrt og innovasjonsorientert forsking har høg prioritet. Høg forskingsaktivitet er ein føresetnad for oppretthalding og styrking av konkurranseevna i skog- og næringsmiddelindustrien. Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), og tematisk innretta program som BIONÆR og Store program, har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Det blir også sett i verk tiltak for å betre forskings- og innovasjonssamarbeidet mellom blå og grøn sektor. NOFIMA AS har ein viktig funksjon i arbeidet med å hente ut synergiar frå eit slikt samarbeid.
Støtte til forskingsbasert innovasjon i næringsmiddelindustrien blir prioritert i budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Løyvingane frå departementet legg mellom anna til rette for ei målretta satsing for auka konkurransekraft og innovasjon i norsk landbruksbasert næringsmiddelindustri.
Verksemda i Virkemiddel for regional innovasjon (VRI) og dei regionale representantane er retta mot meir forsking i næringslivet. VRI-programmet stimulerar til auka samarbeid med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar for å stimulere til læring, innovasjon og verdiskaping i bedrifter med liten FoU-erfaring. Auka merksemd på erfarings- og kunnskapsutveksling mellom regionalt og nasjonalt nivå har medført ein tett samarbeidsstruktur mellom dei regionale representantane og dei sentrale næringsretta programma i Forskingsrådet. Innanfor rammene til programmet er det teke initiativ til ein forskarskole for innovasjon (Norwegian Research School in Innovation – NORSI), med ambisjon om å samle innovasjonsmiljøa i Noreg.
Som grunnlag for innovasjon og utvikling er det viktig å få ei god spreiing av relevant kunnskap frå universiteta og institutta. For å få dette til må det leggjast til rette for at fleire aktørar saman kan bidra i formulering av kunnskapsbehov og finansiering. På oppdrag for departementet har Selskapet for industrivekst (SF) utreda korleis innovasjonsaktiviteten på Campus Ås kan styrkjast. Rapporten om dette gjev råd om organisatoriske løysingar for auka kommersialisering av forsking og større samarbeid mellom dei landbruksfaglege institutta på Ås og i næringslivet.
God kunnskapsutvikling for forvaltninga
Som ei oppfølgjing av gjennomgangen som departementet har gjort av instituttstrukturen, har eit eksternt konsulentfirma utført ein samfunnsøkonomisk analyse av alternativ organisasjonsstruktur for instituttsektoren til Landbruks- og matdepartementet. Konklusjonen frå analysen er at det ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt å slå saman institutta. Departementet har lagt desse råda til grunn i si oppfølgjing. Saman med institutta arbeider departementet med å klargjere deira framtidige regionale roller, interne regionale samarbeidsformer og samarbeidsformer med andre regionale aktørar.
Høg kvalitet og relevans i forskinga
Rekruttering, både til næringa og til forskingsmiljøa, er ei betydeleg utfordring for å sikre forskingskvaliteten i framtida. Særleg innanfor dei tradisjonelle landbruksfaga er lågt studenttal dei siste åra i ferd med å gjere det vanskelegare å rekruttere kvalifiserte PhD-studentar til forskingsprosjekt. For å oppnå auka rekruttering må det stimulerast til auka samarbeid både internt i sektoren og på tvers av sektorane. Dette vil også kunne bidra til å tilfredsstille behovet for tverrfaglegheit, som er nødvendig for å løyse dei store samfunnsutfordringane. Dessutan kan dette føre til auka samarbeid mellom forskingsinstitutta og universiteta.
Internasjonalt forskingssamarbeid er viktig for Noreg, og dette må vidareførast og utviklast på landbruks- og matområdet. Både innanfor JPIar og ERA-nett på matsektoren blir det i aukande grad krevd god nasjonal samordning og effektivt samspel med dei europeiske satsingane. Bilateralt samarbeid er viktig for å heve kvalitet og relevans på norsk utdanning og forsking.
Forsking gjennom programaktivitet som skal dekkje landbruks- og matområdet, bidreg til å sikre relevant forsking for sektoren. Innsatsen skjer gjennom forskingsprosjekt og tiltak direkte retta mot næringslivet. Dette er sentrale verkemiddel for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. Også basisbevilgingane til instituttsektoren og sentersatsingane, er viktige reiskapar for å sikre forsking med høg kvalitet og relevans.
Dei fem landbruksfaglege forskingsinstitutta har i 2012 halde fram trenden med ei stor forbetring av oppnådde resultat innan vitskapeleg publisering. Det blir gjort ein betydeleg innsats for å auke den vitskaplege publiseringa, og 2012 var eit godt år for Bioforsk. Også Bygdeforsking og NILF oppnådde gode resultat i 2012, og nådde nesten opp til rekordåret 2011. Den populærvitskaplege formidlinga var også stor for alle institutta i 2012, med mange aviskronikkar, intervju og foredrag. For Veterinærinstituttet er det verd å merke seg at det i 2012 var ei auke i nivå 2 publiseringar, noko som er ein indikator på at kvaliteten på publikasjonane er styrkt. Forholdstalet publikasjonspoeng per forskarårsverk heldt seg også i 2012 på eit høgt nivå, noko som indikerar framleis høg effektivitet hos institutta.
Høg internasjonalisering av forskinga
Dei norske forskingsinstitutta har eit stort internasjonalt engasjement. Norsk landbruks- og matforsking er mellom anna godt representert i internasjonalt samarbeid gjennom ulike ERA-nett og fellesprogram (JPI, Joint Programming Initiatives). Norske forskingsmiljø har også hatt ei relativt god deltaking innanfor landbruks- og matområdet i EUs 7. rammeprogram (7RP), hovudsakeleg under matdelen i Tema 2: «Food, Agriculture and Fisheries, and Biotechnology» (KBBE). I 2012 var Bioforsk blant dei 20 mest aktive norske aktørane innan 7RP.
Regjeringa har varsla at Noreg vil gå inn som fullt medlem av EU sitt nye forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020. Programmet vil vere i drift frå 2014, men den første utlysinga er venta allereie hausten 2013. Programmet samsvarar godt med dei norske forskingspolitiske prioriteringane på landbruks- og matområdet, og det er difor grunn til å tru at kommisjonen sitt forslag til rammeprogram opnar for auka deltaking frå norske landbruks- og matforskingsmiljø. Mellom anna vil spørsmål knytt til matsikkerheit og klima vere høgst aktuelle forskingsområde i Horisont 2020. Internasjonalt forskingssamarbeid på desse områda er viktig for å løyse globale utfordringar, for å heve kvaliteten og fornye norsk forsking, for å kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land, og for at vi skal kunne ta vår del av ansvaret for den internasjonale kunnskapsoppbygginga på sentrale område. Det er viktig å leggje til rette for best mogleg utnytting av samarbeidet.
Forslaget til kommisjonen viser også ei sterkare kopling mot dei ulike fellesprogramma (JPI, Joint Programming Initiatives). På landbruks- og matområdet er det sett i gang to JPI’ar, av dette er ein knytt til landbruk, matsikkerheit og klimaforandringar (JPI-FACCE, Agriculture, Food security and Climate change), og ein til området mat og helse (JPI – A healthy Diet for a healthy life). Landbruks- og matdepartementet har, saman med Forskningsrådet, vore sterkt involvert i arbeidet fram mot den første pilot-utlysinga «The FACCE JPI Knowledge Hub» on «A detailed climate change risk assessment for European agriculture and food security, in collaboration with international projects». I piloten deltek 67 partnarar frå 17 land. Frå norsk side er Bioforsk, NILF og UMB med i prosjektet FACCE MACSUR som blei starta opp etter pilotutlysinga.
Landbruks- og matdepartementet legg også vekt på å vidareføre bilateralt forskingssamarbeid med særleg Nord-Amerika, Kina og India, der klima og auka matproduksjon er sentrale forskingstema. Bioforsk er blant forskingsinstitutta som prioriterer å få til eit godt samarbeid med India og Kina.
Vidare er nordisk samarbeid viktig for å løyse felles nordiske forskingsutfordringar, og som plattform for felles nordiske initiativ internasjonalt. Nordisk komité for jordbruks- og matforskning (NKJ) er sentral i dette arbeidet.
Effektiv kommunikasjon og formidling
Dei fem landbruksfaglege forskingsinstitutta har ei betydeleg publiserings- og formidlingsverksemd, også utanfor dei vitskaplege kanalane. I tillegg til at medarbeidarane på institutta heldt foredrag og presentasjonar av paper eller posters, har forskarar frå institutta også levert bidrag til fagbøker, lærebøker, allmenntidsskrift og andre sjølvstendige publikasjonar. Institutta publiserar eit stort antal rapportar, leiarartiklar, kommentarartiklar, omtalar, kronikkar og liknande. Institutta medverkar også som arrangør ved konferansar og seminar. Norsk Landbruksrådgjeving og Skogbrukets Kursinstitutt er viktige for å sikre at resultata som blir presenterte i vitskaplege artiklar, fagbøker, konferansar med vidare kjem til nytte for primærprodusentane. I tillegg bidreg populærvitskapleg presentasjon av forskingsresultat i bransjetidskrift og andre fagtidskrift til at ny oppdatert kunnskap kjem ut til brukarane.
9 Ei omstillingsdyktig, effektiv og robust forvaltning
Landbruks- og matforvaltninga har samfunnsoppgåver som er viktige for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. I ein sektor med verdikjeder som omfattar om lag 154 100 landbrukseigedommar med bustadhus, om lag 110 000 sysselsette og ein produksjonsverdi på 160 mrd. kroner, er det behov for reglar og system som kan forvaltast på ein god måte.
Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet. Oppgåveløysinga er såleis fordelt mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Landbruks- og matdepartementet har sju underliggjande verksemder, og skal setje mål og gje rammer, rettleie og følgje opp resultata i verksemdene i samsvar med gjeldande lover, reglar og politiske retningsliner. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning (SLF) og Statens reindriftsforvaltning (SRF). Dei fire forskingsinstitutta Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Veterinærinstituttet (VI) og Norsk institutt for skog og landskap er organiserte som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Sjå nærare omtale under kat. 15.10, 15.20 og 15.30.
Fylkesmannen har ansvar for oppfølging av nasjonal landbruks- og matpolitikk både regionalt og lokalt. Fylkesmannen forvaltar juridiske og økonomiske verkemiddel innanfor sektoren, og er pådrivar for utvikling innan landbruket. Fylkesmannen er administrativt underlagt Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, mens Landbruks- og matdepartementet har det faglege ansvaret for arbeidet til embeta på landbruks- og matområdet.
Fylkeskommunane har, gjennom rolla som regional utviklingsaktør på landbruks- og matområdet, ansvar for oppgåver innanfor verdiskaping, klima, samfunnsplanlegging, rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Samarbeidet i dei regionale partnarskapa legg til rette for å styrkje utnyttinga og målrettinga av verkemidla innanfor landbruks- og matsektoren.
Innovasjon Noreg forvaltar bygdeutviklingsmidlar, programstøtte og rentestøtte til tradisjonelt landbruk og nye næringar. Innovasjon Noreg er organisert som eit særlovsselskap, og er eigd av staten ved Nærings- og handelsdepartementet og fylkeskommunane i fellesskap. Selskapet utfører tenester for Landbruks- og matdepartementet med bakgrunn i dei føringane som blir gjevne i det årlege oppdragsbrevet frå departementet.
Kommunane har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver på landbruksområdet, frå forvaltning av landbrukslovgjevinga og dei økonomiske verkemidla, til nærings- og samfunnsutviklingsarbeid. Finansiering av oppgåvene inngår i inntektssystemet for kommunane. Gjennom det regionale partnarskapet skal fylkeskommunane, fylkesmennene og Innovasjon Noreg styrkje kommunane sitt arbeid på landbruks- og matområdet.
Det har vore gjennomført fleire større organisasjonsendringar i forvaltninga innan landbruks- og matsektoren. Formålet har mellom anna vore å leggje til rette for ei teneleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og -nivåa, og samstundes sørgje for ei effektiv og brukarretta forvaltning på landbruks- og matområdet.
For å følgje opp den gjennomgangen departementet gjorde av instituttsektoren, har eit eksternt konsulentfirma gjort ein samfunnsøkonomisk analyse av alternativ organisasjonsstruktur for instituttsektoren under Landbruks- og matdepartementet. Dette blir også omtalt under rapporteringa om forsking og innovasjon.
Stortinget har gjeve tilslutnad til regjeringa sitt forslag om å endre organiseringa av den offentlege forvaltninga av reindrifta, jf. innleiinga og kap. 1147. Siktemålet er at endringane skal bidra til forenkling, effektivisering og harmonisering med anna offentleg forvaltning. Endringa skal setjast i verk frå 1. januar 2014.
Forenkling, effektiv ressursbruk og auka brukarvennlegheit
Verksemdene i landbruks- og matsektoren skal, i tråd med Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken, Meld. St. 23 (2012–2013) Digital agenda for Norge – IKT for vekst og verdiskaping og digitaliseringsprogrammet til regjeringa, tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag både for innbyggjarar og næringsdrivande, og bidra til ei effektiv forvaltning. Verksemdene i landbruks- og matsektoren skal arbeide for at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen for kontakt med forvaltninga. Brukarane skal ikkje trenge å gje opplysningar forvaltninga allereie kjenner til, så lenge gjenbruk av opplysningar er i samsvar med gjeldande regelverk. Dei underliggjande verksemdene skal ved utvikling av nye IKT-løysingar vurdere gjenbruk av IKT-investeringar som er gjort i eiga verksemd og i andre delar av forvaltninga, og vurdere om andre delar av forvaltninga også kan ha nytte av dei nye løysingane.
Eit eksempel på godt forenklings- og digitaliseringsarbeid er frå Mattilsynet, som i 2012 prioriterte å vidareutvikle skjematenesta MATS med særleg vekt på brukarvennlegheit og betring av eksisterande løysing. MATS er mellom anna eit system for sjølvbetening innanfor alle forvaltningsområda til Mattilsynet. MATS har fått mykje positiv merksemd nasjonalt og internasjonalt. Mattilsynet har mellom anna motteke prisen 2012 Global Awards of Excellence in Adaptive Case Management og Betre stat-prisen i 2013.
Statens landbruksforvaltning arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle datasystema slik at desse blir meir brukarvennlege. Stadig fleire av tenestene til SLF blir tilgjengelege digitalt. Ei ny systemløysing for Regionale miljøprogram vil etter eit omfattande utviklingsarbeid, bli teke i bruk hausten 2013. Løysinga vil gjere det enklare for dei næringsdrivande å søkje om tilskott og effektivisere sakshandsaminga av søknadane.
Landbruks- og matdepartementet og 12 andre departement er ein del av ein felles IKT-plattform i departementsfellesskapet, som blir drifta av Servicesenteret for departementa (DSS). På denne felles IKT-plattforma får Landbruks- og matdepartementet tilgang til digitale verktøy for å løyse arbeidsoppgåvene i departementet på ein effektiv måte. Det er etablert ein felles IKT-strategi med tilhøyrande handlingsplanar.
Betre system for samfunnstryggleik og auka beredskap
Landbruks- og matdepartementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor. Ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og mattryggleik, sjå også omtale under del II programkategori 15.10 Matpolitikk og kap. 1115 Mattilsynet. I særleg grad er beredskap innanfor matlova sitt område retta mot utbrot av alvorlege dyresjukdommar, sjukdommar som kan smitte mellom dyr og menneske, helseskadelege matvarer og alvorlege plante- og skogskadegjerarar. Departementet har også delansvar innanfor atomberedskap, matvareberedskap, forsyningsberedskap og ved naturkatastrofar. I tillegg har departementet ei rolle i totalforsvaret, særskilt når det gjeld masseøydeleggingsvåpen av biologisk art.
Landbruks- og matdepartementet er førebudd på å møte kriser i eigen sektor og på å yte bistand til andre departement i kriser som involverar fleire sektorar. Viktige element i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap er å sikre personell og kritisk infrastruktur på eit best mogleg vis, slik at departementet og underliggjande verksemder i størst mogeleg grad kan drive si verksemd vidare, uavhengig av uønskja hendingar og kriser. Dette omfattar til dømes fysisk tryggleik, informasjonstryggleik og personelltryggleik.
I styringsdialogen departementet har med underliggjande verksemder, får beredskapsarbeidet systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav til beredskap i tildelingsbrev og i verksemdsinstruksane.
Mattilsynet
Mattilsynet er ein beredskapsetat som ressursmessig og organisatorisk er utrusta til å handtere små og store hendingar. Handtering av reelle hendingar i tillegg til øvingar, dannar grunnlaget for kontinuerlege forbetringar i planverk og kompetanse. Mattilsynet samarbeider tett med andre beredskapsetatar og næringsaktørar, og med kunnskapsstøtteinstitusjonane når det gjeld fagleg rådgjeving.
Mattilsynet skal alltid ha høg prioritet på beredskap retta mot mattryggleiken og utbrot av alvorlege plante- og dyresjukdommar og zoonosar. Departementet forventar at Mattilsynet har høg merksemd på haldningar og kultur for risikoerkjenning, gjennomføringsevne, samhandling, IKT-utnytting og resultatorientert leiarskap. Beredskapsplanar skal justerast med jamne mellomrom, og dersom alvorlege hendingar oppstår.
Året 2012 var prega av auka merksemd på beredskap. Mattilsynet gjennomførte i alt 86 ulike øvingar fordelt på stabs-, varslings- og loggøvingar. To av øvingane var særs omfattande; todagars saneringsøving i samarbeid med Sivilforsvaret og ISS og ei nasjonal øving (Tempest 2012) for dyresjukdommen munn- og klauvsjuke. Tre reelle hendingar kravde nasjonal krisehandtering i 2012.
Statens landbruksforvaltning
Statens landbruksforvaltning er også ei verksemd som har viktige beredskapsoppgåver innan samfunnstryggleik og beredskap. Dette omfattar handtering av hendingar og kriser innan matforsyning, skog, natur- og avlingsskadar. Beredskapsplanverket skal sørgje for at Statens landbruksforvaltning er i stand til å oppretthalde sine funksjonar i ein krisesituasjon for verksemda. Verksemda nyttar i stor utstrekning IKT i forvaltninga, og ein viktig del av beredskapsplanverket er tiltak for å kunne handtere kritiske hendingar på IKT-området.
Betre kommunikasjon med brukarane og meir openheit
Landbruks- og matdepartementet skal bidra til offentleg merksemd på landbruks- og matpolitiske spørsmål og problemstillingar. Departementet skal raskt gå ut med ny kunnskap på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at innbyggjarane får gode svar på viktige spørsmål.
Departementet arbeider kontinuerleg med vidareutvikling av dei ulike kanalane for kommunikasjon, mellom anna nettsidene på www.regjeringen.no/lmd. Kvar dag får omlag 11 000 abonnentar på departementet si nyhendeteneste informasjon frå fag- og politikkområdet. Dette er ein vesentleg del av innsatsen for å presentere informasjon som skapar interesse, har høg truverde og aukar kunnskapen om landbruks- og matpolitikken. I tråd med intensjonane bak offentleglova skal departementet vise meiroffentlegheit der det er mogleg. Den offentlege postjournalen blir lagt ut på nettsida til departementet. Det gjev allmenta høve til å få informasjon og kunnskap om fag- og politikkområda til departementet.
Betre og meir målretta styring
Styring og oppfølging av forvaltninga er sentralt for å nå dei politiske måla. Forvaltninga er eit verktøy for utøving av sektorpolitikk og tenesteyting. Forvaltninga skal vere brukartilpassa og formåls- og kostnadseffektiv. Landbruks- og matdepartementet har delegert mykje av gjennomføringa av vedteken politikk til underliggjande verksemder. Gjennom aktiv og målretta styring og dialog med dei underliggjande verksemdene, følgjer Landbruks- og matdepartementet opp dei måla og prioriteringane som regjeringa legg til grunn.
Dei underliggjande verksemdene har dei seinare åra fått fleire og meir samansette oppgåver. Dette har gjort etatsstyringa til ei større og meir krevjande oppgåve, og er difor eit sentralt arbeidsområde i departementet. På det administrative området legg departementet særleg vekt på at verksemdene skal ha høg merksemd på utvikling av den interne verksemdsstyringa, og at landbruks- og matforvaltninga oppfyller dei krava som økonomiregelverket i staten pålegg alle statlege verksemder. Departementet har difor merksemd på internkontroll og risikostyring i underliggjande verksemder. Departementet ser eit særleg behov for at verksemdene aktivt nyttar risikovurderingar på viktige område. Vurderingar av korleis risiko for manglande måloppnåing blir handtert, er ein sentral del av styringsdialogen mellom departementet og den enkelte verksemda.
Departementet og Statens landbruksforvaltning har gjennomført eit systematisk arbeid med å forbetre kontrollsystema når det gjeld utbetaling av tilskott, som er ein viktig del av styringa. Det er sett i verk fleire ulike tiltak, som for eksempel vidareutvikling av fagsystem og register, i tillegg til meir systematisk oppfølging av det arbeidet som blir utført av fylkesmennene og kommunane i kontrollarbeidet.
Mål- og resultatstyring er det overordna styringsprinsippet i statlege verksemder. Etter framlegginga av Meld. St. 9 (2011–2012) har det blitt utført eit større arbeid med å konkretisere og implementere ein ny målstruktur for departementet. Ei slik konkretisering har vore viktig for å kunne vurdere samanhengen mellom mål og resultat på ein systematisk måte. Slike systematiske vurderingar kjem særleg til uttrykk i del III i budsjettproposisjonen og i proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Dessutan har departementet utvikla delmål og resultatindikatorar på forvaltning som er spesifisert i tildelingsbreva til dei underliggjande verksemdene. Departementet treng rapportering frå verksemdene på viktige delmål og resultatindikatorar for å kunne ha god informasjon og styre på ein hensiktsmessig måte. Departementet vil ha kontinuerleg og høg merksemd på vidareutvikling av mål- og resultatstyringa i samarbeid med dei underliggjande verksemdene i tida framover. Utveksling av erfaring og idear gjev moglegheit for læring, og er såleis vesentleg for å realisere sentrale mål.
Oppdatert kompetanse og rett ressursbruk
I samband med Dokument nr. 8:43 (2007–2008) og Innst. S. nr. 183 (2007–2008) slutta Stortinget seg til at Landbruks- og matdepartementet skulle gjere greie for utviklinga i talet på årsverk i landbruks- og matforvaltninga i dei kommande budsjettproposisjonane. I følgje Forvaltningsdatabasen frå Norsk samfunnsvitskapeleg datateneste (NSD) har talet på tilsette under alle departement og underliggjande verksemder auka med om lag 12,3 pst. sidan 2008. Ein tilsvarande utvikling har ikkje funne sted på Landbruks- og matdepartementet sitt område. Tabell 9.1 gjev ein oversikt over utviklinga i årsverka i landbruks- og matforvaltninga.
Tabell 9.1 Årsverkutvikling i den statlege landbruks- og matforvaltninga, 2008–2013
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2008–2013, endring i pst. | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Landbruks- og matdepartementet | 152 | 157 | 159 | 153 | 148 | 144 | -5,3 |
Mattilsynet1 | 1 308 | 1 306 | 1 320 | 1 326 | 1 328 | 1 329 | 1,6 |
Statens landbruksforvaltning | 186 | 186 | 186 | 188 | 188 | 189 | 1,6 |
Statens reindriftsforvaltning | 60 | 56 | 55 | 55 | 55 | 54 | -10,0 |
Fylkesmannens landbruksavdeling | 356 | 349 | 336 | 333 | 326 | 322 | -9,6 |
Sum | 2 062 | 2 054 | 2 056 | 2 055 | 2 045 | 2 038 | -1,2 |
1 Talet omfattar også oppgåver innanfor Fiskeri- og kystdepartementet og Helse- og omsordgsdepartementet sine fagområde. For ei nærare oversikt, sjå Tabell 9.4 .
Fylkesmannens landbruksavdeling blir finansiert over kap. 1510 under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. I tillegg til verksemdene i Tabell 9.1 er det også forvaltningsoppgåver på landbruks- og matområdet som er lagt til Innovasjon Noreg, som er finansiert over kap. 2421 under Nærings- og handelsdepartementet, og til forskingsinstitutta under Landbruks- og matdepartementet, jf. kapitla 1112, 1137 og 1141.
Det var totalt 144 årsverk i Landbruks- og matdepartementet per 1.1.2013. Det er ein reduksjon på 15 årsverk sidan 2010. Dei seinare åra har det samstundes vore ein auke i oppgåvemengda på det internasjonale arbeidet, arbeidet med klimautfordringar i sektoren og på matområdet. Departementet har effektivisert verksemda for å ta høgde for auka oppgåvemengde, samstundes med at årsverka er redusert.
Talet på årsverk i Mattilsynet har vore relativt stabilt dei siste åra. Intern administrasjon er redusert, slik at det er frigjort ressursar til tilsyn, rettleiing, og utvikling av regelverk.
Talet på årsverk i Statens landbruksforvaltning har vore stabilt. Det er lagt ned ein stor ressursinnsats på IKT-området i Statens landbruksforvaltning dei siste åra for å gjere det enklare for bønder, skogeigarar og næringsmiddelindustri å kommunisere med verksemda. Denne satsinga har også gjort det mogleg for Fylkesmannen og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt.
Talet på årsverk i Statens reindriftsforvaltning har hatt ein nedgang på 10 pst. sidan rapporteringa starta i 2008. Nedgangen er knytt til prosjektrelaterte oppgåver. Endringar i organiseringa av Statens reindriftsforvaltning blir omtala under kapittel 1147.
Det har vore ein nedgang på om lag 9,6 pst. i talet på årsverk ved fylkesmannsembeta på landbruks- og matområdet sidan rapporteringa starta i 2008.
Departementet har over fleire år vist til at talet på årsverk i landbruksforvaltninga i kommunane går ned. Landbruks- og matdepartementet er framleis uroa over utviklinga, og legg til grunn at kommunane skal ha tilfredsstillande kvalitet i løysinga av landbruksoppgåvene. Kompetansesituasjonen på landbruks- og matområdet i kommunane blir følgt opp blant anna gjennom dialogen med fylkesmennene, jf. kap. 1144, post 77. Departementet er også i ferd med å kartleggje utgiftsbehovet i kommunane på landbruks- og matområdet gjennom ei ekstern utgreiing.
Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Statens reindriftsforvaltning, og landbruksavdelinga hos Fylkesmannen utgjer per 1.1.2013 til saman 1894 årsverk. Av desse er om lag 78 pst. av årsverka lokalisert utanfor Oslo, jf. Tabell 9.2 .
Tabell 9.2 Årsverk, geografisk/fylkesvis fordeling for Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Statens reindriftsforvaltning og Fylkesmannens landbruksavdeling per 1.1.2013
Fylke | Mattilsynet1 | Statens landbruksforvaltning | Statens reindriftsforvaltning | Fylkesmannen2 |
---|---|---|---|---|
Oslo | 222 | 189 | 183 | |
Akershus | 110 | |||
Østfold | 54 | 14 | ||
Hedmark | 113 | 24 | ||
Oppland | 34 | 21 | ||
Buskerud | 40 | 16 | ||
Vestfold | 33 | 12 | ||
Telemark | 29 | 16 | ||
Aust-Agder | 12 | 14 | ||
Vest-Agder | 13 | 12 | ||
Rogaland | 137 | 22 | ||
Hordaland | 90 | 22 | ||
Sogn- og Fjordane | 41 | 18 | ||
Møre- og Romsdal | 57 | 22 | ||
Sør-Trøndelag | 83 | 5 | 21 | |
Nord-Trøndelag | 63 | 5 | 23 | |
Nordland | 107 | 5 | 23 | |
Troms | 44 | 4 | 13 | |
Finnmark | 47 | 35 | 11 | |
Sum årsverk | 1 329 | 189 | 54 | 322 |
1 Berekna årsverksfordeling er basert på registrert tidsbruk i 2012.
2 I hovudsak finansiert over kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
3 Eitt felles fylkesmannsembete for Oslo og Akershus.
I Tabell 9.3 og Tabell 9.4 er årsverka i Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Statens reindriftsforvaltning og Fylkesmannens landbruksavdeling splitta opp på ulike fagområde. Dei merkantile ressursane er fordelt på dei ulike fagområda. Det er skilt på dei fagområda Statens landbruksforvaltning, Statens reindriftsforvaltning og Fylkesmannen rapporterer på, og dei fagområda Mattilsynet rapporterar på. Bakgrunnen for dette er oppgåvene sin karakter, og at Mattilsynet har ansvaret for oppgåver frå fleire sektorar.
Tabell 9.3 Anslag for årsverk fordelt på fagområde for Statens landbruksforvaltning, Statens reindriftsforvaltning og Fylkesmannens landbruksavdeling per 1.1.2013
Fagområde | Statens landbruksforvaltning | Statens reindriftsforvaltning | Fylkesmannen1 | Sum årsverk |
---|---|---|---|---|
Areal- og samfunnsplanlegging | 20 | 63 | 83 | |
Miljøretta arbeid | 14 | 46 | 60 | |
Tradisjonelt jordbruk | 73 | 93 | 166 | |
Tilleggsnæring/anna næring | 63 | 63 | ||
Omsetnad, marknadstiltak og importvern | 74 | 74 | ||
Skogbruk | 8 | 57 | 65 | |
Reindrift | 54 | 54 | ||
Sum årsverk | 189 | 54 | 322 | 565 |
1 Fordelinga av årsverk på dei ulike fagområda baserer seg på den prosentvise fordelinga frå 2011.
Tabell 9.4 Årsverk per fagområde for Mattilsynet per 1.1.2013
Fagområde | Årsverk |
---|---|
Landbruk | 393 |
Akvakultur og sjømat | 170 |
Næringsmiddel | 693 |
Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling | 73 |
Sum årsverk | 1329 |
Berekna årsverksfordeling er basert på registrert tidsbruk i 2012. Registrert tidsbruk omfattar for 2012 om lag 97 pst. av total tidsbruk.
Innanfor fagområdet landbruk driv Mattilsynet mellom anna tilsyn med plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd, plantevernmiddel og fòr til landdyr, og til overvakingsprogram rundt dyrehelse. 29 pst. av årsverka i Mattilsynet er innretta mot dette fagområdet. Fagområdet har hatt ein auke på om lag 10 pst. sidan 2010. Denne auken skuldast mellom anna meir registrert tidsbruk på tilsyn med dyrevelferd og dyrehelse.
Innanfor fagområdet akvakultur og sjømat driv Mattilsynet mellom anna tilsyn med sjømatverksemder, fiskehelse og fiskefôr, og overvakingsprogram rundt fiskehelse og sjømat.
Innanfor fagområdet næringsmiddel, med unntak av sjømat, driv Mattilsynet tilsyn retta mot mellom anna næringsmiddel, næringsmiddelindustri inkl. serveringsbedrifter og drikkevatn, og overvakingsprogram rundt zoonosar.
Kjønnsmessig balanse- og at mangfaldet i samfunnet blir spegla blant dei tilsette
Likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelegheitslova og arbeidsmiljølova inneheld krav til offentlege styresmakter og verksemder om å gjere greie for likestilling i verksemda.
Rapporteringa skjer i tråd med rettleiaren til Fornyings-, administrasjons og kyrkjedepartementet for likestillingsutgreiinga til verksemdene etter aktivitets- og rapporteringsplikta og er basert på Statens Sentrale Tenestemannsregister sin database per 01.10. Sjå også omtale av likestilling m.v. i årsrapportane til verksemdene.
Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet har ei relativt jamn kjønnsfordeling. Kvinnene utgjer om lag 59 pst. av arbeidsstokken. Kvinnene utgjer eit fleirtal av dei tilsette i sakshandsamargruppa, mens menn utgjer eit lite fleirtal blant leiarane. Departementet har over lang tid hatt stor merksemd på kjønnsmessig balanse i dei ulike leiargruppene og i dei ulike stillingskategoriane.
Det er ikkje avdekkja barrierar mot likestilling i departementet, anten det gjeld kjønn, nedsett funksjonsevne, etnisitet eller religion.
Rekruttering
Det blir teke omsyn til mangfald i stillingsannonsane til Landbruks- og matdepartementet. Kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn og søkjarar som synliggjer at dei har nedsett funksjonsevne blir kalla inn til intervju.
Løns- og arbeidsforhold
I tillegg til å ha merksemd på god kjønnsbalanse innanfor stillingsgruppene, har departementet merksemd på lønsskilnader innanfor dei enkelte gruppene. Dette har m.a. ført med seg at kvinner har fått ein større del av potten ved dei siste lokale lønsforhandlingane. Det er viktig at permisjonsreglar og andre rettar som særleg blir nytta av kvinner ikkje fører til utilsikta forskjellsbehandling ved fordeling av arbeidsoppgåver, avansement og løn. Fleksible arbeidstidsordningar og ulike ordningar for arbeid heimefrå skal leggje til rette for fleksibilitet i ulike livsfasar for tilsette av begge kjønn ved behov.
Utvikling
Landbruks- og matdepartementet har ein open rekrutterings- og avansementpolitikk prega av formell orden, medverknad frå dei tilsette og likehandsaming. I 2011 fastla departementet eit nytt verdigrunnlag. Mellom anna med utgangspunkt i dette blei det i 2013 utarbeidd ein ny kompetansestrategi for departementet. I 2012 blei det gjeve 4 kompetansestipend, der 3 av desse gjekk til kvinner.
Avtale om Inkluderande arbeidsliv
Våren 2011 blei det inngått ny lokal avtale om Inkluderande arbeidsliv i Landbruks- og matdepartementet. Ved sida av mål om å arbeide for å styrkje nærvær og å førebyggje og redusere sjukefråværet, er det laga tiltaksplanar for å halde på arbeidstakarar som får redusert funksjonsevne og å rekruttere personar med redusert funksjonsevne. I tillegg er det laga tiltaksplanar for livsfasepolitikken til departementet og aktivitetsmål for å stimulere til at medarbeidarane i departementet står lenge i arbeidslivet. Departementet har hatt IA-praksisplass etter avtale med NAV og arbeider for å få på plass ein ny. Legemeldt sjukefråvær har gått ned for begge kjønn frå 2011 til 2012.
Mattilsynet
I Tabell 9.7 og Tabell 9.8 er det gjort greie for den faktiske tilstanden på ulike stillingsnivå fordelt på kjønn, samt samanlikningar av løn når det gjeld kjønn. Kvinnedelen totalt i Mattilsynet er på 62,4 pst, og har auka mest i toppleiinga. Gjennomsnittleg brutto løn for kvinner samanlikna med menn har auka i dei fleste stillingskategoriane, spesielt i toppleiinga og i høgare sakshandsamarstillingar.
Deltidsarbeid har auka noko blant menn og gått noko ned blant kvinner, mens delen midlertidige tilsetjingar held seg stabil for begge kjønn. Oversikter over deltaking i utviklingstiltak viser ingen indikasjon på diskriminering på bakgrunn av kjønn eller alder.
Mattilsynet har ikkje avdekt barrierar mot likestilling. Det er innarbeidd i kvalitetssystemet kva slags reglar som gjeld i samband med rekruttering m.m. Mattilsynet har som mål å vere ein arbeidsplass prega av mangfald og toleranse. Dette har blitt stadfesta i medarbeiderundersøkjingar.
Sjå også årsmeldinga til Mattilsynet.
Statens landbruksforvaltning
I Statens landbruksforvaltning (SLF) sin personalpolitikk er det slått fast at SLF skal framstå som ein attraktiv arbeidsplass for alle og leggje til rette for mangfald og integrering av ulike typar menneske. SLF er ei kompetanseverksemd der medarbeidarane sitt kunnskaps- og erfaringsmangfald er styrken til verksemda. SLF har difor som målsetjing å rekruttere og halde på medarbeidarar som styrkjer mangfaldet i verksemda, og ønskjer å ha medarbeidarar og leiarar med forskjellig utdannings- og erfaringsbakgrunn, alder, ulike livsfasar, kulturell bakgrunn, kjønn, funksjonsevne og seksuell legning.
SLF har ei særleg merksemd på likestilling, livsfase og inkludering, og i enkelte tilfelle vil verkemidla vere individuell tilrettelegging av arbeidssituasjonen.
Sjå også årsmeldinga til SLF.
Statens reindriftsforvaltning
For status på likestillingsarbeidet i Statens reindriftsforvaltning, sjå årsmeldinga.
Oversikter over kjønnsbalanse og lønsfordeling
Tabellane under gjer greie for ulike indikatorar for likestillinga i Landbruks- og matdepartementet og Mattilsynet. Sjå dei respektive årsmeldingane for tilsvarande oversikter for Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning.
Tabell 9.5 Stillingar og løn etter kjønn i Landbruks- og matdepartementet, per oktober 2011 og 2012
Kjønnsbalanse | Løn, kvinner i % av menn | ||||
---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Total | |||
Totalt i verksemda | 2011 | 44.6 | 55.4 | 157 | 89.4 |
2012 | 40.6 | 59.4 | 160 | 89.4 | |
Toppleiing1 | 2011 | 50.0 | 50.0 | 8 | 89.2 |
2012 | 57.2 | 42.8 | 7 | 90.0 | |
Mellomleiing2 | 2011 | 59.3 | 40.7 | 27 | 96.7 |
2012 | 50.0 | 50.0 | 26 | 96.8 | |
Kategori 13 | 2011 | 51.7 | 48.3 | 60 | 72.7 |
2012 | 42.3 | 57.7 | 78 | 72.4 | |
Kategori 24 | 2011 | 37.5 | 62.5 | 48 | 100.2 |
2012 | 38.9 | 61.1 | 36 | 95.3 | |
Kategori 35 | 2011 | 7.1 | 92.9 | 14 | 107.2 |
2012 | 7.7 | 92.3 | 13 | 105.7 |
1 Departementsråd, ekspedisjonssjef
2 Avdelingsdirektør, underdirektør, arkivleiar
3 Spesialrådgjevar, seniorrådgjevar
4 Rådgjevar, førstekonsulent
5 Seniorkonsulent, konsulent
Tabell 9.6 Deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon og legemeld sjukefråvær etter kjønn i Landbruks- og matdepartementet, 2010,2011 og 2012
Deltid | Midlertidig tilsetjing | Foreldrepermisjon | Legemeld sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
2011 | 1.4 | 10.3 | 2.9 | 4.6 | 1.4 | 2.3 | 4.7 | 6.8 |
2012 | 3.0 | 9.5 | 3.1 | 6.3 | 1.5 | 2.1 | 1.9 | 6.0 |
Tabell 9.7 Stillingar og løn etter kjønn i Mattilsynet per oktober 2011 og 2012
Kjønnsbalanse | Løn, kvinner i % av menn | ||||
---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Total | |||
Totalt i verksemda | 2011 | 38.1 | 61.9 | 1376 | 94.4 |
2012 | 37.6 | 62.4 | 1382 | 93.8 | |
Toppleiing1 | 2011 | 55 | 45 | 11 | 100.3 |
2012 | 46 | 54 | 13 | 103.1 | |
Mellomleiing2 | 2011 | 43 | 57 | 115 | 95.9 |
2012 | 48 | 52 | 120 | 98.5 | |
Kategori 13 | 2011 | 45 | 55 | 575 | 97.4 |
2012 | 44 | 56 | 576 | 98.5 | |
Kategori 24 | 2011 | 32 | 68 | 470 | 99.0 |
2012 | 31 | 69 | 473 | 100.9 | |
Kategori 35 | 2011 | 42 | 58 | 125 | 98.6 |
2012 | 40 | 60 | 126 | 98.1 | |
Kategori 46 | 2011 | 8 | 92 | 80 | 100.1 |
2012 | 8 | 92 | 73 | 99.7 |
1 Direktør, regiondirektør
2 Avdelingsdirektør, seksjonssjef, underdirektør, distriktssjef
3 Seniorrådgjevar, seniorinspektør, spesialinspektør
4 Rådgjevar, førsteinspektør
5 Førstekonsulent, inspektør, seniorkonsulent
6 Konsulent, førstesekretær, sekretær
Tabell 9.8 Deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon, og legemeld sjukefråvær etter kjønn i Mattilsynet, 2011 og 2012
Deltid | Midlertidig tilsetjing | Foreldrepermisjon | Legemeld sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
2011 | 11,0 | 28,3 | 5.9 | 7.7 | 0,6 | 3,2 | 3.61 | 4.88 |
2012 | 13.6 | 27.4 | 5.2 | 8.1 | 0.4 | 2.2 | 2.97 | 4.84 |