Del 4
Særskilde tema
10 Sektorovergripande miljøpolitikk
Bevaring av mangfald og friluftsliv i naturen
Gjengroing, deling og nedbygging av kulturlandskapet er eit trugsmål mot naturmangfaldet, særleg i artsrike naturtypar som slåttemyr, slåttemark og beitelandskap. Landbruket sitt kulturlandskap og verdifulle naturverdiar skal sikrast gjennom eit aktivt landbruk, og det skal bli lagt til rette for at verkemidla i naturmangfaldloven kan verke saman med verkemidla i landbruks- og matpolitikken. Systema som er bygde opp med nasjonale og regionale miljøprogram (RMP), spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) og obligatorisk miljøplan, bidreg til dette. I tillegg kjem verkemiddel knytt til Utvalde kulturlandskap i jordbruket, dei norske verdsarvområda, kulturminne, bevaring av landbruket sine genetiske ressursar m.v.
Klima- og miljøprogrammet blei innført i 2013, og er ei samanslåing av det tidlegare klimaprogrammet og ordninga informasjons- og utviklingstiltak, miljø. Klima- og miljøprogrammet omfattar klimagassutslepp, klimatilpassing og vassmiljø, samt kulturlandskap og naturmangfald, under dette genetiske ressursar.
Beiting i utmark er viktig for å vareta kulturlandskap og for mange plante-, sopp- og dyrearter. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for at både storfe, geit og sau er på beite. Det var totalt 2,2 millionar beitedyr i utmark i 2012, ein reduksjon på om lag 50 000 frå 2011. Beiteprosjektet, med formål om eit betre sauehald med mindre tap av dyr på beite, har vore gjennomført i perioden 2009–2012 og finansiert over jordbruksavtalen. Beiteprosjektet har også hatt miljømål. Prosjektet er avslutta i 2013. Prinsippet om differensiert forvaltning i rovdyrforliket frå 2011 vil påverke utmarksbeite for sau i prioriterte rovdyrområde.
I skogbruket står mellom anna arbeidet med skogbruksplanlegging, miljøregistrering i skog (MiS-prosjektet) og Landsskogtakseringa, samt FoU knytt til skogbruk og biologisk mangfald, sentralt. Årleg blir det produsert om lag 3 millionar kubikkmeter ny daud ved i dei norske skogane. Samarbeid med miljøstyresmaktene om frivillig vern og vidareutvikling av miljøstandardar i skogbruket er to viktige tilnærmingar til å ta vare på naturmangfaldet i skogen. Norsk skogbruk er ISO 14001-sertifisert etter dei krava som blei nedfelde i Levande Skog-standarden i 2006.
Miljøinnsatsen i skogbruket skal styrkjast. I 2012 var det skogbruksplan med miljøregistreringar på om lag 42 000 dekar. I tillegg blei det sett i gang registreringar på om lag 15 000 dekar. Med utgangspunkt i eit økonomisk drivverdig skogareal på 67 millionar dekar er dermed om lag 85 pst. kartlagt med MiS-registreringar. I mange område er det no klart for eit nytt omdrev med miljøregistreringar, og det blir arbeidd med opplegg for gjenbruk av eksisterande data.
Det har tidlegare blitt varsla at relevante skogbruks- og miljødata vil bli samla i ein årleg rapport om berekraftig skogbruk – næring og miljø. Den første rapporten kjem i 2013 og vil bli ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for ein berekraftig skogpolitikk framover.
Genetiske ressursar
Genetiske ressursar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for matsikkerheita i verda. Landbruks- og matdepartementet bidreg til bevaring og berekraftig bruk av dei genetiske ressursane i landbruket gjennom internasjonalt og nordisk samarbeid, kontakt med næringsaktørar og tiltak for å stimulere næring, bønder og frivillige aktørar til å ta i bruk dette mangfaldet. For å sikre tilgang av funksjonelle husdyr til klimasoner og produksjonsformer som ein har i dag, og som ein kan få i framtida, er det viktig å ta vare på stor variasjon innanfor og mellom husdyrrasar. Norsk Genressurssenter og Genressursutvalget for husdyr har vurdert dei gamle husdyrrasane i Noreg. Landbruks- og matdepartementet har også ansvaret for Svalbard Globale Frøhvelv. Der var det ved utgangen av 2012 lagra om lag 750 000 frøprøver.
Jordvern
Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. Nye tall viser ein tilbakegang i totalt jordbruksareal dei siste åra. I perioden 1999–2012 er det estimert ein reduksjon i totalt jordbruksareal på om lag 4 pst. Det registrerte totalarealet var på det høgaste i 1998. Nedgangen i jordbruksareal er i all hovudsak knytt til reduksjon i open åker og hage. Eit sterkt jordvern er viktig for å oppretthalde nasjonal sjølvforsyningsgrad og for å bevare det biologiske mangfaldet. Også i klimasamanheng er jordvernet sentralt sidan jorda er eit viktig karbonlager.
Omdisponering av dyrka jord etter plan- og bygningsloven og jordloven i 2012 er gått ned med 81 dekar til 6 567 dekar frå 2011 til 2012. I løpet av dei 37 åra det har vore registrert kor mykje dyrka jord som blir omdisponert, har talet aldri vore lågare.
Tala for omdisponering av dyrkbar jord har auka noko samanlikna med fjoråret, til 4 643 dekar. Dei samla tala for omdisponering av dyrka og dyrkbar jord i 2012 er høgare enn året før, men lågare enn dei fire føregåande åra (2007–2010). Regjeringa sitt jordvernmål frå 2004 er følgt opp i Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks og matpolitikken. Der seier regjeringa at eit mål om å halde omdisponeringa av dyrka jord på under 6 000 dekar gjeld.
Det totale jordbruksarealet har gått noko ned dei seinare åra, men ikkje så mykje som omdisponeringstala skulle tyde på. Årsaka til det er mellom anna nydyrking. Tala for godkjent nydyrka areal har auka jamt i fleire år, men gjorde eit ekstraordinært hopp opp til 19 680 dekar i 2010. Det er rimeleg å anta at høyringa av forslaget om endringar i forskriften om nydyrking, der det mellom anna blei foreslått eit forbod mot nydyrking av myr, kan ha bidrege til eit ekstra høgt aktivitetsnivå i 2010. Tala for 2012 viser at aktiviteten nærmar seg eit meir normalt nivå. Talet på søknader i 2012 er 653. På landsbasis blei det godkjent nydyrking av i alt 13 417 dekar. Gjennomsnittleg nydyrking pr. år sidan 2005 er 14 235 dekar.
Friluftsliv
Landbruksareala utgjer ein stor del av arealet i landet og har store verdiar knytt til natur og kulturarv. Skogen, utmarksareala, vegane og stiane i kulturlandskapet er viktige for ferdsel, friluftsliv og grønt reiseliv. Grønt reiseliv er landbruket sitt bidrag til oppfølginga av regjeringa sin reiselivsstrategi Destinasjon Norge. Landbruks- og matdepartementet har fleire reiselivsrelaterte satsingar.
Bevaring og bruk av kulturminne
Jordbruket sitt kulturlandskap inneheld eit stort mangfald av kulturminne og kulturmiljø, frå gravhaugar og rydningsrøyser til bygningar, vegfar og steingjerde. Landbruket er ein viktig kulturberar gjennom vidareføring av kunnskap om tradisjonell byggeskikk, materialbruk og tradisjonell handverkskompetanse, mattradisjonar og andre kulturhistoriske verdiar. Delar av jordbruksdrifta, som for eksempel pløying, grøfting og nydyrking, kan vere eit trugsmål mot kulturminne. Dette gjeld spesielt automatisk freda kulturminne, både dei som ligg over og under bakkenivå. Landbruksbygningar representerer store bruksressursar, men også vesentlege utfordringar knytt både til å sikre og å auke bruken, å finne gode løysingar ved endringsbehov og å sikre nødvendig vedlikehald.
Eit godt samarbeid mellom kulturminnesektoren og landbrukssektoren er avgjerande for å bevare kulturminne i jordbruket. Ivaretaking av kulturminne er ei prioritering for SMIL- og RMP-midlene, og det finst eigne midlar til Utvalde kulturlandskap i jordbruket som bidreg til bevaring og bruk av kulturminne.
Landbruks- og matdepartementet sitt nasjonale program for Landbruksbygg og kulturlandskap er eit femårig program som blei avslutta i 2012. Programmet har hatt som mål å sikre betre utforming ved oppføring av nye store landbruksbygg og også å stimulere til ny bruk av ledige bygningar. Utviklingsprogrammet har hatt som mål å skaffe ny kunnskap, finne flaskehalsar og manglar i regelverk. Det har også vore sett på og formidla erfaringar frå utviklingsprosjekt og gode byggetiltak. I programmet har det også vore arbeidd med å utvikle metodar for å registrere kulturhistorisk viktige landbruksbygg. Erfaringane frå programmet vil bli brukt vidare i landbrukssektoren sitt arbeid med å vareta desse verdiane, i samarbeid med kulturminne- og miljøvernstyresmakter.
Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn
Tidligare utsleppsproblem frå gjødselslager og siloar er i stor grad løyst, og fosforbruken i landbruket er langt betre tilpassa plantenes opptak no enn tidlegare. Avrenning av næringsstoff frå jordbruksareala er framleis ei utfordring for vasskvaliteten i utsette vassdrag og kystområde. Mildare vintre med kortare frostperiodar har bidrege til å auke utfordringa knytt til avrenning.
I tråd med målet i vassforskrifta om god økologisk tilstand, arbeider landbruksforvaltninga på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå med å følgje opp sektoransvaret, mellom anna ved å setje i verk nødvendige tiltak i landbruket. Det blir også gjort ein innsats for å kvalitetssikre kunnskapen med omsyn til effektar og kostnader av tiltak innanfor landbrukssektoren. Det er behov for å utforme eit felles system for korleis effektar av tiltaka skal dokumenterast og overvakast i vassdrag som er påverka av jordbruket. Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har gjeve Klima og forureiningsdirektoratet, no Miljødirektoratet, og Statens landbruksforvaltning i oppdrag å komme med forslag til eit slikt system. Rapporten føreligg, og den tek for seg korleis dette blir gjort i nokre andre land.
Plantevern
Kjemiske plantevernmiddel kan ha uønska effektar på helse og miljø. Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2010–2014) vidarefører målsetjingane om redusert bruk og risiko ved plantevernmiddel, og vektlegg mellom anna auka kunnskap om rett bruk av plantevernmiddel, alternativ til kjemiske tiltak mot skadegjerarar, ei vidareføring av eit godt godkjenningssystem for plantevernmiddel, samt eit differensiert avgiftssystem som stimulerer til val av preparat med lav risiko for helse og miljø.
Økologisk mat
Regjeringa har som mål at 15 pst. av produksjonen og forbruket av mat skal vere økologisk innan 2020, jf. Soria Moria-erklæringa. Satsinga på dette området skjer med utgangspunkt i Landbruks- og matdepartementet sin handlingsplan Økonomisk, agronomisk – økologisk! Rettleiing og kompetanseutvikling i heile verdikjeda er viktig for å styrkje økologisk produksjon. Areal i økologisk drift utgjer om lag 5 pst. av det totale jordbruksarealet i Noreg. Omsetnaden av økologiske matvarer i norsk daglegvarehandel var rekordstor i 2012. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden av økologiske produkt i daglegvarehandelen med 17 pst. samanlikna med 2011. Totalt blei det omsett for om lag 1,17 mrd. kroner i 2012, svarande til 1,7 pst. av totalmarknaden.
Matavfall
Det er eit mål å redusere mengda matavfall og å utnytte ressursane i avfallet betre. Landbruks- og matdepartementet samarbeider med andre offentlege styresmakter, næringsliv og organisasjonar om tiltak og virkemiddel for betre datomerking, holdningsendringar og betre utnytting av matavfall.
Eit stabilt klima og rein luft
I 2009 la regjeringa fram St. meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Meldinga synleggjer korleis landbruks- og matsektoren må tilpasse seg klimaendringar og bidra til å redusere klimagassutslepp. Regjeringa sine ambisjonar frå St. meld. nr. 39 (2008–2008) blir følgt opp vidare av Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk.
Klimagassutsleppa frå jordbruket er først og fremst metan og lystgass frå husdyrhald, gjødsling og jordarbeiding. Utsleppa frå norsk jordbruk utgjorde 8 pst. av dei samla nasjonale klimagassutsleppa i 2012 (4,47 mill. tonn CO2-ekvivalentar). Sidan 1990 er utsleppa frå jordbruket redusert med om lag 9 pst. Landbruket gjev også positive klimabidrag, ved karbonlagring i skog og jord, mellom anna biokol, som leverandør av bioenergi, og gjennom å produsere trevirke til erstatning for mindre miljøvennlege materialar.
Optimal utnytting av husdyrgjødsel bidreg til å redusere klimagassutsleppa, reduserer behovet for handelsgjødsel og betrar vassmiljøet. Nasjonalt pilotprosjekt for meir miljøvennleg handtering av husdyrgjødsel har vore i gang sidan 2008. Ordninga omfattar 170 000 dekar i ei rekkje utvalde område, og har hatt positive resultat. Endra jordarbeiding er eit sentralt tiltak innanfor Regionale miljøprogram som både reduserer klimagassutsleppa og betrar vassmiljøet. Delen av jordbruksarealet med åker i stubb har gått noko ned det siste året. Auka merksemd mot soppsmitte i åkeren og meir målretta tiltak kan vere faktorar som forklarer denne utviklinga.
I dag er det nokre få gardsbaserte biogassanlegg i drift i Noreg. Dette tilsvarar bruk av om lag 1 pst. av gjødsla. Gjennom utviklingsprogrammet for klimatiltak, Forskingsrådets program Bionær og Renergi og Innovasjon Noregs bioenergiprogram, blir det arbeidd aktivt med å utvikle løysingar for å auke biogassproduksjonen og dermed senke klimagassutsleppa frå norsk jordbruk.
Meir nedbør som følgje av klimaendringar vil kunne vere til skade for avlingar og føre til økt erosjon. Med eit varmare og våtare klima vil dessutan nye sjukdommar og skadegjerarar etablere seg i Noreg. Desse vil kunne gjere stor skade i plantedyrking og påvirke skog, kulturlandskap og naturmangfald. Eit aukande problem med sjukdom og skadegjerarar kan føre til auka bruk av plantevernmiddel som gjev uønska effekter på helse og miljø. Eit varmare klima vil truleg også kunne ha positive effekter på norsk mat- og skogproduksjon. I Noreg er det venta ein moderat temperaturauke, og kombinert med tilstrekkeleg tilgang på vatn vil det kunne gje auka produksjon. Ein føresetnad for dette er at det blir teke i bruk planter og sortar som kan utnytte auka veksttid. Høgare temperatur og lengre veksttid kan også gje grunnlag for nye og meir varmekrevjande produksjonar, som for eksempel meir haustsådd korn og matkornproduksjon i område der kort veksttid hindrar dette i dag. Lengda på dagen vil likevel avgrense moglegheitene for planteproduksjon utan bruk av kunstig lys, sjølv om ein temperaturauke opnar for ein lengre vekstsesong. Betydninga av denne avgrensinga er størst i Nord-Noreg. I område der redusert sommarnedbør ikkje gjer underskot på markvatn, vil ein lengre vekstsesong i kombinasjon med auka CO2-innhald i lufta gje grunnlag for auka tilvekst av skog.
Skog og klima
Avverkinga i norske skogar har dei siste åra lege på rundt 40 pst. av tilveksten på om lag 15 millionar kubikkmeter, og svarar til eit netto CO2-opptak på mellom 27 og 36 millioner tonn CO2-ekvivalentar årleg. Bioenergi frå skogbruket er eit viktig bidrag til regjeringa sitt mål om inntil 14 TWh fornybar energi innen 2020. Auka avverking vil mellom anna krevje meir hogst av lauv og furu i område med lågare økonomisk avkastingsevne. Mykje av skogen som kan avverkast i dei næraste 40-50 åra ligg i område med manglande vegdekning og vanskelege driftsforhold. Eit lønnsomt skogbruk og satsing på bioenergi er avhengig av god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr. Landbruks- og matdepartementet etablerte i 2009 ei energiflisordning som er eit viktig tiltak som utfyller Innovasjon Noreg sitt bioenergiprogram.
Skog og skogforvaltning er stadig eit sentralt tema i forhandlingane om eit nytt internasjonalt klimaregime, og Landbruks- og matdepartementet deltek i den norske forhandlingsdelegasjonen til møter under klimakonvensjonen (UNFCCC). Noreg er også ein pådrivar for internasjonalt samarbeid om berekraftig skogforvaltning. Arbeidet i Forest Europe la grunnlaget for å starte forhandlingar om ein rettsleg forpliktande europeisk avtale om berekraftig skogforvaltning. Forhandlingane er no i sluttfasen.
Miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar
Landbruks- og matdepartementet har i samsvar med handlingsplanen for miljø og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar innført eit miljøleiingssystem med sikte på å få ei EMAS-registrering eller ei ISO 1401 sertifisering. EMAS står for Eco Management and Audit Scheme og er EU sin frivillige fellesskapsordning for miljøstyring og miljørevisjon. Ordninga starta i 1993 og er eit tilbod til føretak og statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar som ønskjer å programfeste mål for å ivareta miljøet i produksjon og tenesteyting. Gjennom EØS-avtalen kan også norske verksemder delta. Servicesenteret for departementa leiar eit arbeid med å få til ei felles registrering/sertifisering for alle departementa. Landbruks- og matdepartementet er ein organisasjon med liten påverknad på det ytre miljøet. Hovudutfordringane for departementet er knytt til anskaffingar av varer og tenester, transport og forbruk av energi og papir. Til hjelp i dette arbeidet er det utarbeidd ei miljøhandbok og ein mål- og handlingsplan. Tiltaka i handlingsplanen skal vere implementerte i løpet av 2013, og ei felles registrering/sertifisering skal vere utført hausten 2013.
11 Likestilling
Næringslivet er avhengig av nyskaping og av at ein tek i bruk mangfaldet av ressursar. Det er eit uttrykt mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha dei same moglegheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og i tilknytte næringar.
I Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks og matpolitikken slår regjeringa fast at ho vil følgje opp både Strategi for likestilling i landbrukssektoren og den tverrdepartementale Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner i det vidare arbeidet med likestilling i landbruket. Kvinner har i fleire år blitt prioriterte ved tildeling av midlar til bygdeutvikling, og kvinner har i det seinare markert seg positivt innanfor etablering av nye bygdenæringar i landbruket. Det har vore ei positiv utvikling i delen etablerartilskott og BU-midlar som går til kvinner de seinare åra. I 2012 mottok kvinner 52 pst. av bygdeutviklingsmidlane og heile 84 pst. av etablererstipenda.
Strategi for likestilling i landbrukssektoren frå 2007 ligg til grunn for næringa sitt arbeid med likestilling. Strategien har mål om 40 pst. kvinneleg representasjon både når det gjeld eigarskap, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren. Norsk Landbrukssamvirke kan vise til gode resultat når det gjeld kvinneleg representasjon i styrer.
Regjeringa sin Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner frå 2008 er ei felles satsing frå sju departement. Målet er at vesentleg fleire kvinner skal bli entreprenørar og at delen kvinner skal vere 40 pst. innan 2013. Landbruks- og matdepartementet har bede Innovasjon Noreg arbeide for ein vekst i delen kvinner innanfor selskapets program og tenester der det er aktuelt. Innovasjon Noreg skal vidare arbeide for å auke delen kvinner i styrer og leiing for verksemder som mottek støtte og framskaffe relevant statistikk for utviklinga innanfor aktuelle område. Ei midtvegsevaluering av handlingsplanen utarbeidd av NIFU i juni 2011, viser at departementa og verkemiddelapparatet har følgt opp planen godt.
Det har blitt løyvd midlar til fleire prosjekt som skal fremje likestilling over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Departementet har støtta Noregs Bonde- og småbrukarlag sitt prosjekt Kvinner, demokrati og deltakelse (2012–2014) over sentrale bygdeutviklingsmidlar med 1 mill. kroner. Målet med prosjektet er å auke andelen kvinner i landbruket gjennom auka medvit om kvinnebønder blant menn og kvinner innad i næringa, faglaga og forvaltninga og kva slags verkemiddel som gjev effekt på rekruttering og likestilling. Det skal stimulerast til nettverksbygging og profilering av kvinnlege førebileter.
Det er også løyvd 600 000 kroner i støtte til det nasjonale pilotprosjektet: Likestilling og mangfold i Steinkjerlandbruket 2011–13. Steinkjer kommune er prosjekteier av dette pilotprosjektet som vil ha nasjonal overføringsverdi. Steinkjer er for øvrig ein kjent føregangskommune på likestillingsområdet.
Kvinner eig i dag 25 pst. av alle landbrukseigendommar. Kvinner driver og eig ofte dei mindre gardsbruka. Landbruksteljinga frå 2010 viser at menn eig 80,4 pst. av jordbruksbedriftene mens 13,5 pst. er eigd av kvinner. Andre eigarformer er upersonlege og utgjer 6 pst. av jordbruksbedriftene. For skogareal er tendensen om lag den same. Menn eig 61,2 pst. av det produktive arealet, mens 17,8 pst. er eigd av kvinner og 21,1 pst. er upersonlege eigarar.
Som ein del av satsinga for å rekruttere ungdom inn i næringa, blei det sett av 4,5 mill kroner til eit treårig nasjonalt prosjekt Velg landbruk i jordbruksavtalen 2010. Prosjektet blir avslutta i 2014. Prosjektet skal arbeide for å styrkje rekruttering til landbruksutdanning på alle nivå. Prosjektansvar og -sekretariat er lagt til Noregs Bondelag.
Trendundersøkingar viser ein forholdsvis høg kvinnedel i næringar som Inn på tunet, gardsturisme/grønt reiseliv og økologisk drift. Det blir arbeidd med eit betre dokumentasjonsgrunnlag for utviklinga i desse næringane generelt.
Fylkeskommunane er tildelt 20 mill. kroner til arbeid med rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. Ordninga skal tilpassast regionale utfordringar på området innan både tradisjonelt landbruk og bygdenæringar. I 2012 er tilskottsmidlane i hovudsak brukt til kompetansehevande kurs og tiltak av kortare varigheit. Det er også tildelt midlar til tiltak med formål om å auke rekrutteringa til næringa og til vidaregåande opplæring og vaksenopplæring innanfor landbruksfag. Det har vore fylkesovergripande samarbeid om fleire prosjekt.
Arbeidet med likestilling i reindrifta krev innsats frå fleire aktørar. Dette gjeld både frå det offentlege ved utforming av virkemiddel, frå næringa sjølv og frå næringsorganisasjonane. I 2010 var det til saman 70 kvinnelege innehavarar av siidaandelar. Dette utgjer 13 pst. av totalen på 538 siidaandelar. Kvinnene som står oppførte med rein i melding om reindrift eig 25 pst. av det totale reintalet. Det er blitt etablert ulike ordningar for å styrkje likestillinga i reindrifta, for eksempel gjennom høgare tilskott til siidaandeler der ei kvinne står som einaste leiar, tilskott ved avløysing ved svangerskap/fødsel, ektefelle-/sambuartillegg og innrettinga av fagbrevordninga. I tillegg er det kvart år sett av midlar til kvinneretta tiltak over reindriftsavtalen som blir forvalta av Reindriftsforvaltninga.
Avtalepartane ser det som viktig at ein framleis nyttar ulike verkemiddel for å oppnå auka likestilling i reindrifta. Sjølv om eit slikt arbeid må bli sett i eit meir langsiktig perspektiv, er det viktig at det blir arbeidd kontinuerleg med målretta tiltak. Dei øyremerka kvinneretta midlane gjev moglegheiter for eit slikt arbeid. Partane avtaler oppfølgingstiltak mellom anna med bakgrunn i rapporten Likestilling i reindriften.
For omtale av likestilling i forvaltninga, sjå del 3.
12 Omtale av tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege verksemder
Statskog SF
Utgifter til: | Kroner |
---|---|
Lønn, adm. dir. | 1 272 000 |
Pensjonsutgifter | 244 000 |
Anna godtgjersle1 | 178 000 |
1 Anna godtgjersle gjeld fri bil, telefon og aviser
Staur Gård AS
Utgifter til: | Kroner |
---|---|
Lønn, dagleg leiar | 809 827 |
Pensjonsutgifter | 96 045 |
Anna godtgjersle1 | 6 563 |
1 Anna godtgjersle gjeld elektronisk kommunikasjon og aviser
13 Standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter (nettobudsjetterte verksemder)
Frå og med statsbudsjettet for 2010 har departementet presentert standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilte fullmakter (nettobudsjetterte verksemder) som departementet har ansvaret for i budsjettproposisjonen. Dette gjeld følgjande verksemder:
Veterinærinstituttet
Bioforsk
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
Norsk institutt for skog og landskap
Hensikta med nøkkeltala er i første rekke å forbetre kontroll og innsyn frå Stortinget og regjeringa ved å presentere same type informasjon som blir gjeven for dei bruttobudsjetterte verksemdene i dei ordinære oppstillingane i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Framstillinga er basert på kontantprinsippet for gjeldande budsjettår, samt rekneskapstala for dei tre siste åra. Nærare omtale av status for den enkelte verksemd går fram av kap. 1137, post 51.
Kort beskriving av tabellmaterialet
Tabell 1 under kvart enkelt organ gjev ei oversikt over utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise verksemdas brutto utgifter og inntekter basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter same prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.
Tabell 2 under kvart enkelt organ gjev ei oversikt over inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemder har fleire inntektskjelder og formålet med tabell 2 er å gje ein oversikt over dei ulike inntektskjeldene.
Tabell 3 under kvart enkelt organ gjev ei oversikt over verksemdas kontantbehaldning per 31. desember med spesifikasjon av dei formål kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellane er å vise dei samla overføringane til neste budsjettår og samansetninga av overføringane.
Veterinærinstituttet
Tabell 13.1 Utgifter og inntekter fordelte etter art
Utgifter/inntekter | (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2010 | 31.12.2011 | 31.12.2012 | Budsjett 2013 | |
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 207 158 | 208 456 | 224 877 | 219 822 |
Varer og tenester | 118 469 | 147 703 | 152 796 | 118 178 |
Sum driftsutgifter | 325 627 | 356 159 | 377 673 | 338 000 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 25 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 25 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 325 652 | 356 159 | 377 673 | 338 000 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 165 741 | 192 956 | 212 583 | 152 503 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | |
Refusjonar | 9 575 | 10 001 | 8 231 | 4 555 |
Andre driftsinntekter | 16 235 | 9 507 | 3 775 | 26 410 |
Sum driftsinntekter | 191 551 | 212 464 | 224 589 | 183 468 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 145 663 | 147 320 | 152 417 | 155 960 |
Andre innbetalingar | 0 | 0 | 0 | |
Sum overføringsinntekter | 145 663 | 147 320 | 152 417 | 155 960 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | -4 | 18 | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | -4 | 18 | -116 | 0 |
Sum inntekter | 337 210 | 359 802 | 376 890 | 339 428 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | 11 558 | 3 643 | -783 | 1 428 |
Tabell 13.2 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2010 | 31.12.2011 | 31.12.2012 | Budsjett 2013 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartement | 91 033 | 88 897 | 89 802 | 91 522 |
Løyvingar frå andre departement | 39 115 | 40 487 | 42 890 | 43 600 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 15 515 | 17 936 | 19 725 | 20 838 |
Sum løyvingar | 145 663 | 147 320 | 152 417 | 155 960 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 3 760 | 5 993 | 11 231 | 14 005 |
Sum bidrag | 3 760 | 5 993 | 11 231 | 14 005 |
Oppdragsinntekter mv. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 73 557 | 94 597 | 96 361 | 76 578 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter1 | 114 230 | 111 892 | 116 881 | 92 885 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 187 787 | 206 489 | 213 242 | 169 463 |
Sum inntekter | 337 210 | 359 802 | 376 890 | 339 428 |
1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 13.3 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2010–2012
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | ||
---|---|---|---|---|
31.12.2010 | 31.12.2011 | 31.12.2012 | 2011 til 2012 | |
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 74 150 | 77 793 | 77 012 | -781 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | 0 | ||
Andre kontantbehaldningar | 10 | 10 | 8 | -2 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 74 160 | 77 803 | 77 020 | -783 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 18 107 | 18 738 | 19 649 | 911 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 16 846 | 16 805 | 16 851 | 46 |
Gjeld til leverandørar | 5 617 | 9 272 | 1 047 | -8 225 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 22 472 | 19 267 | 24 279 | 5 011 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | 86 | 78 | 5 702 | 5 624 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 64 128 | 64 160 | 67 527 | 3 367 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang | 4 211 | 3 625 | 2 040 | -1 585 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 1 650 | 4 478 | 2 828 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 4 211 | 5 275 | 6 518 | 1 243 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | 738 | 738 | 408 | -330 |
Fri verksemdskapital | 6 133 | 7 627 | 2 566 | -5 061 |
Sum andre avsetningar | 6 871 | 8 365 | 2 974 | -5 391 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | -50 | 3 | 1 | -2 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | -50 | 3 | 1 | -2 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 74 160 | 77 803 | 77 020 | -783 |
Bioforsk
Tabell 13.4 Utgifter og inntekter fordelte etter art
Utgifter/inntekter | (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2010 | 31.12.2011 | 31.12.2012 | Budsjett 2013 | |
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 240 537 | 248 229 | 267 999 | 279 281 |
Varer og tenester | 195 223 | 192 766 | 205 544 | 229 292 |
Sum driftsutgifter | 435 760 | 440 995 | 473 543 | 508 573 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 39 013 | 16 793 | 10 390 | 9 740 |
Sum investeringsutgifter | 39 013 | 16 793 | 10 390 | 9 740 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | -55 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 7 | -232 | 148 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 7 | -287 | 148 | 0 |
Sum utgifter | 474 780 | 457 501 | 484 081 | 518 313 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 256 506 | 260 553 | 279 060 | 278 253 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 0 | 0 | 6 177 | 6 000 |
Andre driftsinntekter | 3 366 | 21 755 | 17 992 | 42 539 |
Sum driftsinntekter | 259 872 | 282 308 | 303 229 | 326 792 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 173 703 | 175 031 | 173 285 | 176 811 |
Andre innbetalingar | 4 969 | 9 431 | 6 028 | 5 000 |
Sum overføringsinntekter | 178 672 | 184 462 | 179 313 | 181 811 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 104 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 104 |
Sum inntekter | 438 544 | 466 770 | 482 542 | 508 707 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | -36 236 | 9 269 | -1 539 | -9 606 |
Tabell 13.5 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2010 | 31.12.2011 | 31.12.2012 | Budsjett 2013 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartement | 87 681 | 86 617 | 79 786 | 83 568 |
Løyvingar frå andre departement | 810 | 840 | 840 | 840 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 113 046 | 119 334 | 144 865 | 149 799 |
Sum løyvingar | 201 537 | 206 792 | 225 491 | 234 207 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 24 687 | 22 159 | 22 525 | 21 500 |
Sum bidrag | 24 687 | 22 159 | 22 525 | 21 500 |
Oppdragsinntekter mv. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 62 870 | 76 212 | 76 000 | 78 000 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 25 850 | 23 994 | 24 177 | 27 000 |
Oppdrag frå private | 117 450 | 120 165 | 120 568 | 137 000 |
Andre inntekter | 6 150 | 17 448 | 13 781 | 11 000 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 212 320 | 120 165 | 234 526 | 253 000 |
Sum inntekter | 438 544 | 466 770 | 482 542 | 508 707 |
Tabell 13.6 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2010–2012
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | ||
---|---|---|---|---|
31.12.2010 | 31.12.2011 | 31.12.2012 | 2011 til 2012 | |
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 106 257 | 109 195 | 99 028 | -10 167 |
Behaldning på andre bankkonti | -4 566 | 1 765 | 10 378 | -8 613 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 15 | 15 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 101 691 | 110 960 | 109 421 | -1 539 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 20 423 | 21 388 | 22 383 | 995 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 3 394 | 11 222 | 15 640 | 4 418 |
Gjeld til leverandørar | 34 760 | 46 798 | 34 644 | -12 154 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 0 | 0 | 10 337 | 10 337 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | 0 | 0 | 7 216 | 7 216 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 58 577 | 79 408 | 90 220 | 10 812 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 13 806 | 11 161 | 12 689 | 1 528 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement | 17 901 | 8 997 | 8 710 | -287 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 1 042 | 1 042 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang | 510 | 510 | 0 | -510 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 32 217 | 20 668 | 22 441 | 1 173 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | 0 | 0 | -2 495 | -2 495 |
Fri verksemdskapital | 10 884 | 10 884 | -745 | -11 629 |
Sum andre avsetningar | 10 884 | 10 884 | -3 240 | -14 124 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 13 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 57 | 0 | 0 | 0 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 101 691 | 110 960 | 109 421 | -1 539 |
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
Tabell 13.7 Utgifter og inntekter fordelte etter art
Utgifter/inntekter | Rekneskap (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2010 | 31.12.2011 | 31.12.2012 | Budsjett 2013 | |
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 41 849 | 42 947 | 43 164 | 49 500 |
Varer og tenester | 11 332 | 10 028 | 10 892 | 11 750 |
Sum driftsutgifter | 53 181 | 52 975 | 54 056 | 61 250 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 0 | 158 | 143 | 0 |
Sum investeringsutgifter | 0 | 158 | 143 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 3 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 3 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 53 184 | 53 133 | 54 199 | 61 250 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 15 876 | 17 648 | 13 316 | 25 890 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 1 202 | 1 372 | 835 | 0 |
Andre driftsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum driftsinntekter | 17 078 | 19 020 | 14 151 | 25 890 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 34 889 | 35 628 | 43 126 | 36 016 |
Andre innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsinntekter | 34 889 | 35 628 | 43 126 | 36 016 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 51 967 | 54 648 | 57 277 | 61 906 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | -1 217 | 1 515 | -3 221 | 656 |
Tabell 13.8 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2010 | 31.12.2011 | 31.12.2012 | Budsjett 2013 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartement | 23 481 | 23 142 | 23 142 | 23 906 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 11 408 | 12 486 | 11 842 | 12 110 |
Sum løyvingar | 34 889 | 35 628 | 34 984 | 36 016 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum bidrag | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdragsinntekter mv. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 11 864 | 12 072 | 15 658 | 16 000 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 88 | 330 | 1 700 | 1 750 |
Oppdrag frå private | 3 132 | 5 082 | 3 800 | 6 000 |
Andre inntekter | 1 944 | 1 536 | 1 135 | 2 140 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 17 078 | 19 020 | 22 293 | 25 890 |
Sum inntekter | 51 967 | 54 648 | 57 277 | 61 906 |
Tabell 13.9 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2010–2012
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | ||
---|---|---|---|---|
31.12.2010 | 31.12.2011 | 31.12.2012 | 2011 til 2012 | |
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 21 696 | 23 211 | 19 900 | -3 221 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 21 696 | 23 211 | 19 989 | -3 221 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 4 891 | 4 846 | 5 098 | 252 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 2 734 | 3 316 | 3 372 | 56 |
Gjeld til leverandørar | 1 131 | 655 | 2 426 | 1 771 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | -1 580 | 1 709 | -918 | -2 627 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | -1 235 | -3 498 | -6 590 | -3 092 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 5 941 | 7 028 | 3 388 | -3 640 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | 0 | 0 | 0 | 0 |
Fri verksemdskapital | 14 412 | 15 122 | 15 823 | 701 |
Sum andre avsetningar | 14 412 | 15 122 | 15 823 | 701 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 1 344 | 1 061 | 778 | -282 |
Sum langsiktig gjeld | 1 344 | 1 061 | 778 | -282 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 21 697 | 23 211 | 19 989 | -3 221 |
Norsk institutt for skog og landskap
Tabell 13.10 Utgifter og inntekter fordelte etter art
Utgifter/inntekter | (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2010 | 31.12.2011 | 31.12.2012 | Budsjett 2013 | |
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 134 958 | 138 110 | 144 745 | 153 900 |
Varer og tenester | 55 264 | 53 559 | 54 489 | 56 200 |
Sum driftsutgifter | 190 222 | 191 669 | 199 234 | 210 100 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 2 887 | 4 938 | 9 347 | 4 000 |
Sum investeringsutgifter | 2 887 | 4 938 | 9 347 | 4 000 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 8 614 | 2 601 | 7 520 | 8 000 |
Andre utbetalingar | 5 373 | 6 760 | 5 806 | 5 300 |
Sum overføringsutgifter | 13 987 | 9 361 | 13 326 | 13 300 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 207 096 | 205 968 | 221 907 | 227 400 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 41 236 | 26 949 | 10 263 | 10 500 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 995 | 981 | 3 244 | 1 000 |
Andre driftsinntekter | 666 | 1 287 | 621 | 1 500 |
Sum driftsinntekter | 42 897 | 29 217 | 14 130 | 13 000 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 252 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 252 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 177 241 | 184 079 | 200 939 | 208 200 |
Andre innbetalingar | 5 459 | 11 093 | 11 267 | 10 500 |
Sum overføringsinntekter | 182 700 | 195 172 | 212 205 | 218 700 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 0 | 61 | 61 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 61 | 61 | 0 |
Sum inntekter | 225 597 | 224 450 | 226 587 | 231 700 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | 18 501 | 18 482 | 4 680 | 4 300 |
Tabell 13.11 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2010 | 31.12.2011 | 31.12.2012 | Budsjett 2013 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartement | 113 170 | 132 868 | 113 914 | 118 582 |
Løyvingar frå andre departement | 400 | 400 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 25 631 | 10 057 | 24 576 | 24 618 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 38 039 | 40 754 | 62 449 | 65 000 |
Sum løyvingar | 177 240 | 184 079 | 200 939 | 208 200 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 1 546 | 2 487 | 4 000 |
Bidrag frå private | 0 | 4 816 | 5 012 | 3 000 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 5 449 | 4 731 | 3 768 | 3 500 |
Sum bidrag | 5 449 | 11 093 | 11 267 | 10 500 |
Oppdragsinntekter mv. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 26 652 | 20 438 | 6 800 | 7 000 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 38 | 528 | 683 | 1 000 |
Oppdrag frå private | 10 622 | 6 224 | 1 320 | 2 500 |
Andre inntekter1 | 5 596 | 2 088 | 5 579 | 2 500 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 42 908 | 29 278 | 14 382 | 13 000 |
Sum inntekter | 225 597 | 224 450 | 226 588 | 231 700 |
1Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 13.12 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2010–2012
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | ||
---|---|---|---|---|
31.12.2010 | 31.12.2011 | 31.12.2012 | 2011 til 2012 | |
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 66 593 | 88 669 | 93 374 | 4 705 |
Behaldning på andre bankkonti | 3 623 | 0 | 0 | 0 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 29 | 4 | -25 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 70 216 | 88 698 | 93 378 | 4 680 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår 1 | ||||
Feriepengar mv. | 11 442 | 11 547 | 11 768 | 221 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 9 406 | 10 281 | 10 948 | 667 |
Gjeld til leverandørar | 9 335 | 11 548 | 9 243 | -2 305 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | 0 | 2 795 | 1 248 | -1 547 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 30 183 | 36 171 | 33 207 | -2 964 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 5 353 | 3 719 | 7 019 | 3 300 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement | 19 990 | 19 529 | 21 477 | 1 948 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 10 804 | 9 261 | 10 637 | 1 376 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang | 13 741 | 14 389 | 18 226 | 3 837 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av -løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 5 865 | 5 865 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 49 888 | 46 898 | 63 224 | 16 326 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | 2 000 | 5 283 | 2 356 | -2 927 |
Fri verksemdskapital | -11 855 | 346 | -5 409 | -5 755 |
Sum andre avsetningar | -9 855 | 5 629 | -3 053 | -8 682 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 70 216 | 88 698 | 93 378 | 4 680 |