7 Endringar i budsjettforslaget for 2011
7.1 Endra løyvingar
Regjeringa fremjar i alt fire tillegg til Prop. 1 S (2010-2011) (Gul bok 2011). Samla sett aukar utgiftene på statsbudsjettet med 12 mill. kroner og inntektene på statsbudsjettet med 60 mill. kroner som følgje av forslag i disse proposisjonane, sett bort frå forslag til endra løyving under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter. Løyvingsendringane gjeld vederlag og andre tiltak på budsjetta til Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet i samband med auka kapasitet i lakse- og aureoppdrett.
Utover dette er det fremja tilleggsproposisjon med forslag om endra løyvingar på budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Disse forslaga endrar ikkje netto utgifter eller netto inntekter på statsbudsjettet for 2011.
Forslag i tilleggsproposisjonane til Gul bok 2011 inneber at det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet for 2011 vert redusert med i alt 48 mill. kroner, når ein ser bort frå forslag om endra løyving under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter.
I Gul bok 2011 vart det lagt fram forslag om å løyve 9 825,0 mill. kroner på kapittel 2309 Tilfeldige utgifter. Regjeringa foreslår no at løyvinga under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter vert auka slik at budsjettet vert gjort opp med det same oljekorrigerte budsjettunderskotet som i Gul bok 2011. Løyvinga vert difor foreslått auka med 48 mill. kroner. Samla løyving under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter vert etter dette 9 873,0 mill. kroner. Overføringa frå Statens pensjonsfond utland som skal dekke det oljekorrigerte budsjettunderskotet på kapittel 5800, blir då som i Gul bok 2011.
7.2 Oppretting av feil
Under Forsvarsdepartementet har forslag til romartalsvedtak X om rekneskapsføring av interne inntekter i forsvarssektoren ved ein feil kome inn i Gul bok 2011. Romartalsvedtaket er ikkje med i fagproposisjonen til Forsvarsdepartementet, og skulle heller ikkje ha vore med i Gul bok 2011.
Regjeringa foreslår difor at romartalsvedtak X under Forsvarsdepartementet i Gul bok 2011 vert teken ut, jf. forslag til romartalsvedtak.