1 Innleiing
1.1 Generelt
Finansdepartementet legg med dette fram ein proposisjon med forslag til lånefullmakt for 2013. Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag av føresetnadene i statsbudsjettet 2013.
I denne proposisjonen legg Regjeringa samstundes fram ei oversikt over forslag om endra løyvingar som er fremja i tilleggsnummer til Prop. 1 S (2012-2013) og forslag til endring i løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter. Forslaget inneber at det oljekorrigerte underskotet, og dermed forslaget til løyving under kap. 5800 Statens pensjonsfond utland, er uendra frå Prop. 1 S (2012–2013) (Gul bok 2013).
1.2 Lånefullmakter
I 2013 har staten eit brutto finansieringsbehov på 124,7 mrd. kroner, jf. tabell 1.1.
Tabell 1.1 Statens finansieringsbehov i 2012 og 20131. Mrd. kroner
2012 | 2013 | |
---|---|---|
Oljekorrigert overskot på statsbudsjettet | -120,2 | -123,7 |
+ Overført frå Statens pensjonsfond utland | 120,2 | 123,7 |
= Overskot før lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 |
+ Utlån til statsbankane, aksjeteikning o.l., netto | -57,9 | 58,2 |
= Statens netto finansieringsbehov | -57,9 | 58,2 |
+ Gjeldsavdrag2 | 0,0 | 66,5 |
= Statens brutto finansieringsbehov | -57,9 | 124,7 |
1 Prop. 1 S (2012-2013).
2 Avdrag på langsiktige statslån.
Kjelde: Finansdepartementet.
Finansdepartementet ber om desse fullmaktene:
Fullmakt til å ta opp nye langsiktige statslån i 2013 til eit beløp av 100 000 mill. kroner.
Fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån til eit beløp av 250 000 mill. kroner i 2013.
Fullmakt i 2013 til å ta imot innskot i form av kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere likviditet som kontolån til staten.
Fullmakt til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar i 2013.