3 Endringar i budsjettforslaget for 2013
3.1 Forslag til endra løyvingar
Kap. 2309 Tilfeldige utgifter
Post 01 Driftsutgifter
Regjeringa fremjar i alt tre tillegg til Prop. 1 S (2012-2013). Samla sett inneber forslaga i desse proposisjonane at det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet for 2013 vert redusert med i alt 221 mill. kroner, sett bort frå forslaget om endra løyving under kap. 2309 Tilfeldige utgifter i denne proposisjonen.
Sett bort frå forslag i denne proposisjonen, vert det foreslått auka utgifter under Arbeidsdepartementet med 30,8 mill. kroner og auka utgifter under Fornyings- og administrasjonsdepartementet med 18,2 mill kroner, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2012-2013). I Prop. 1 S Tillegg 1 (2012-2013) vert det også foreslått reduserte utgifter under Justis- og beredskapsdepartementet med 3 mill. kroner, mot tilsvarande auka utgifter under Helse- og omsorgsdepartementet. Vidare vert det i Prop. 1 S Tillegg 2 (2012-2013) foreslått auka inntekter med 450 mill. kroner og auka utgifter med 180 mill. kroner under Fiskeri- og kystdepartementet.
I Gul bok 2013 vart det lagt fram forslag om å løyve 14 600 mill. kroner under kap. 2309 Tilfeldige utgifter. Regjeringa foreslår no at løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vert auka slik at budsjettet vert gjort opp med det same oljekorrigerte budsjettunderskotet som i Gul bok 2013. Løyvinga vert difor foreslått auka med 221 mill. kroner. Samla løyving under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vert etter dette 14 821 mill. kroner. Overføringa frå Statens pensjonsfond utland som skal dekke det oljekorrigerte budsjettunderskotet under kap. 5800, blir då som i Gul bok 2013.
3.2 Oppretting av feil
Det vises til brev frå finansministeren til Stortingets presidentskap av 5. november 2012 om enkelte feil i forslag til vedtak i Prop. 1 S (2012-2013) (Gul bok 2013).
I forslag til romertallsvedtak i Prop. 1 S (2012-2013) under Samferdselsdepartementet er forslag til vedtak XVIII og XIX (side 202-203) feilnummerert. Desse skulle ha vore nummerert som nummer XVII og nummer XVIII. Det er også ein feil i forslaget til romertallsvedtaket som i Gul bok 2013 er forslag til romertallsvedtak XIX under Samferdselsdepartementet. Beløpet i punkt 1 skulle der ha vore 1 450 mill. kroner, og ikkje 450 mill. kroner. På denne bakgrunn foreslår Regjeringa at romertallsvedtak XVIII og XIX i Prop. 1 S (2012-2013) under Samferdselsdepartementet erstattast, jf. forslag til romertallsvedtak.
I forslag til romertallsvedtak i Prop. 1 S (2012-2013) under Forsvarsdepartementet er det ein feil i forslag til vedtak VII (side 211, første spalte). Feilen gjelder redaksjonelt oppsett. Regjeringa foreslår difor at romertallsvedtak VII i Prop. 1 S (2012-2013) under Forsvarsdepartementet endrast, jf. forslag til romertallsvedtak.