2 Utviklinga i statsgjelda og behovet for lånefullmakter
2.1 Rapport
Ved utgangen av september 2012 var statsgjelda 686 mrd. kroner, jf. tabell 2.1. Av dette var 472 mrd. kroner lån i marknaden, og 214 mrd. lån frå ulike statsinstitusjonar og institusjonar som plasserer trygd i samband med rentebyteavtalar. Statsgjelda auka sterkt etter at ein i 2008 etablerte ordninga der staten sel statskassevekslar i byte mot obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) som blir utstedt av finansinstitusjonar, jf. figur 2.1. På det meste var det utstedt statskassevekslar for 229 mrd. kroner under denne ordninga. Ved utgangen av september 2012 var det nær 139 mrd. kroner uteståande i vekslar knyt til OMF.
Opptak av statslån i marknaden er for tida fordelt på fire statskassevekslar med løpetider på opptil eitt år, og fem eller seks obligasjonslån med løpetider på opptil elleve år. Marknaden får dermed tilgang til referanserenter for løpetider på opptil elleve år, samtidig som lånekostnadene for staten samla sett truleg blir lågare enn om opplåninga vart konsentrert om færre løpetider.
Staten låner mellom anna for å finansiere utlån til statsbankar. Statsbankane sine utlån har i hovudsak kort rentebinding. Mellom anna for å redusere skilnaden i rentebinding på innlåns- og utlånssida nyttar Finansdepartementet rentebytteavtalar.
Finansdepartementet er ansvarleg for forvaltninga av statsgjelda, medan Noregs Bank utfører visse operative oppgåver i forvaltninga.
Tabell 2.1 Samansetjinga av statsgjelda. Mill. kroner
31.12.10 | 31.12.11 | 30.09.12 | |
---|---|---|---|
Langsiktige lån1 | 236 556 | 210 406 | 261 406 |
Kortsiktige marknadspapir2 | 279 117 | 206 166 | 210 953 |
Andre kortsiktige lån3 | 137 574 | 140 839 | 213 972 |
Statsgjeld i alt | 652 247 | 557 412 | 686 331 |
Kontantbehaldning | 136 851 | 81 673 | 158 621 |
1 Lån med lengre løpetid enn eitt år.
2 Lån med løpetid inntil eitt år.
3 Kontolån frå statsinstitusjonar mv.
Kjelde: Finansdepartementet.
2.2 Generelt om statens lånebehov
For 2013 er det budsjettert med eit oljekorrigert underskot på 123,7 mrd. kroner. I tråd med vanleg praksis blir dette underskotet foreslått dekt ved ei overføring frå Statens pensjonsfond utland.
Utlån til statsbankar, netto aksjeteikning og liknande på 58,2 mrd. kroner og avdrag på eit lang-siktig lån på 66,5 mrd. kroner, gir til saman eit finansieringsbehov på 124,7 mrd. kroner i 2013, jf. tabell 1.1. Visse postar i finansieringsbehovet fører ikkje til betalingstransaksjonar, og ein må derfor korrigere for desse når ein bereknar statens lånebehov. Det budsjetterte avdraget på statsgjelda omfattar avdrag på ei eigenbehaldning på 6 mrd. kroner. I berekninga av utlån og liknande har ein også tatt med eit kapitalinnskot på 10 mrd. kroner i Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging, og inntekter på 1,4 mrd. kroner ved avvikling av to andre fond. Korrigerer ein for desse postane har staten eit justert lånebehov på 110,3 mrd. kroner. Det blir lagt opp til at finansieringsbehovet i 2013 i hovudsak blir dekt ved opptak av langsiktige lån. Med utgangspunkt i eit justert lånebehov på om lag 110,3 mrd. kroner ber ein om ei fullmakt til å ta opp nye langsiktige lån i 2013 på 100 mrd. kroner.
2.3 Langsiktige lån
Opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden skjer gjennom sal av statsobligasjonar. For å leggje til rette for ein mest mogleg likvid marknad, der det er lett å kjøpe og selje statspapir, har ein valt å konsentrere opplåninga om nokre få referanselån. Det er for tida seks slike lån i marknaden, jf. tabell 2.2.
Tabell 2.2 Statsobligasjonar. Uteståande i referanselån per 31. oktober 20121
Børsnummer | Første gong lagt ut | Forfall | Nominelt pålydande beløp (mill. kroner) | Kupongrente |
---|---|---|---|---|
NST470 | 30.05.02 | 15.05.13 | 66 544 | 6,50 |
NST471 | 02.06.04 | 15.05.15 | 61 125 | 5,00 |
NST472 | 19.05.06 | 19.05.17 | 47 737 | 4,25 |
NST473 | 22.05.08 | 22.05.19 | 40 000 | 4,50 |
NST474 | 25.05.10 | 25.05.21 | 36 000 | 3,75 |
NST475 | 24.05.12 | 24.05.23 | 16 000 | 2,00 |
1 Inkluderer statens eigenbehaldning til bruk i marknadspleie.
Kjelde: Finansdepartementet.
Det er annonsert 17 auksjonar av statsobligasjonar i 2012. Per utgangen av oktober er det avvikla 15 auksjonar med eit samla volum på 57 mrd. kroner. Resultat av auksjonane hittil i år er oppsummert i tabell 1 i vedlegget.
For auksjonane som er gjennomførde fram til utgangen av oktober 2012 er den gjennomsnittlege renta 1,91 pst. I gjennomsnitt har kursen i auksjonane vore om lag lik kjøpskursen i andre-handsmarknaden. Gjennomsnittet for auksjonsrenta har vore 114 rentepunkt lågare enn midtrenta i rentebytemarknaden. I 2011 var renta i gjennomsnitt 97 rentepunkt under midtrenta. Auka skilnad mellom statsrenter og renter i bankmarknadene, uttrykt ved rentene i rentebytemarknaden, kan i stor grad forklarast med auka interesse for plasseringar i statsobligasjonar i enkelte land, til dømes Noreg, som blir sett på som trygge.
Utanlandske investorar eig meir enn halvparten av dei norske statsobligasjonane, jf. figur 2.2. Etter å ha vore jamt stigande frå eit nivå på rundt 40 pst. for ti år sidan, til rundt 70 pst. ved utgangen av 2011, har delen av obligasjonar på utanlandske hender falle til om lag 65 pst. ved utgangen av tredje kvartal 2012. Andre store eigargrupper er livsforsikringsselskap, bankar og private pensjonskassar.
Opptak av nye langsiktige lån i 2013 er tenkt gjennomført på same måten som tidlegare år ved at ein sel obligasjonar gjennom auksjonar i referanselåna. Ein ber om fullmakt til å ta opp nye lån innanfor eit ramme på 100 mrd. kroner.
2.4 Kortsiktige marknadslån – statskassevekslar
Staten må ha ein viss likviditetsreserve slik at ein alltid kan dekkje daglege betalingar. Den kortsiktige opplåninga i marknaden er derfor tilpassa slik at staten til ei kvar tid skal ha tilstrekkeleg med midlar til å møte betalingsskyldnadene sine. Det har dei siste åra vore store svingingar i statens inn- og utbetalingar, og ein siktar mot å halde kontantbehaldninga på minimum 50 mrd. kroner.
Opptak av kortsiktige lån skjer gjennom sal av statskassevekslar i marknaden. Dette er papir utan kupongrente, der avkastninga er gitt av skilnaden mellom emisjonskursen (kjøpskursen) og innfriingskursen. Med dagens opplegg blir det opna nye veksellån med 12 månaders løpetid fire gonger i året. Forfall er knytt til oppgjersdato for standardkontraktar i dei internasjonale marknadene, såkalla IMM-datoar. Det er annonsert 16 auksjonar i statskassevekslar i 2012. Fram til utgangen av oktober er 14 avvikla. Den gjennomsnittlege renta i auksjonane hittil i 2012 er 1,63 pst. Jamfører ein resultatet av auksjonane i kortsiktige statspapir med tilsvarande rente i pengemarknaden, ventar ein at renta på statspapir skal liggje under renta i pengemarknaden. Renta staten har oppnådd i auksjonane hittil i år har i gjennomsnitt lege 109 rentepunkt under midtrenta i pengemarknaden på auksjonstidspunktet. I 2011 var renta i gjennomsnitt 116 rentepunkt under midtrenta. Resultat av auksjonane hittil i år er oppsummert i tabell 1.2 i tabellvedlegget.
Fullmakta til å ta opp kortsiktige marknadslån er utforma som ei ramme for maksimalt uteståande beløp. Finansdepartementet ber om ei fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån i 2013 på linje med gjeldande fullmakt, det vil seie 250 mrd. kroner.
2.5 Andre kortsiktige lån
Fullmakta for andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og eventuelle kontolån frå institusjonar som ved særskilte høve kan bli pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Den største plasseraren er operatørbanken som forvaltar likviditet i samband med visse skatte- og avgiftsbetalingar. Operatørbanken skal plassere den likviditeten banken får ved slike betalingar som uforrenta kontolån til staten. Fullmakta omfattar også eventuelle plasseringar gjevne som trygd frå motpartar i rentebyteavtalar. Låna under denne fullmakta er skyldnader av ein slik karakter at ein ikkje bør fastsetje ei særskilt beløpsgrense. På denne måten unngår ein at staten må avvise innskot under tilvising til at fullmakta ikkje er stor nok.
Ved utgangen av september 2012 var dei totale plasseringane under fullmakta for andre kortsiktige lån 214 mrd. kroner. Ein har då ikkje rekna med kontolån frå ordinære fond (kontogruppe 81 i statsrekneskapen)1. Kontolånsplasseringar varierer mykje gjennom året.
Ein ber om at Finansdepartementet for 2013 får fullmakt til å ta imot plasseringar som kontolån utan at det blir sett ei særskild beløpsgrense.
2.6 Rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar
Finansdepartementet nyttar rentebyteavtalar i gjeldsforvaltninga for å redusere rentebindinga på gjelda i høve til det som følgjer direkte av dagens strategi, der staten spreier opplåninga, jf. omtalen under pkt. 2.1 ovanfor. Bruk av rentebyteavtalar gjev staten fleksibilitet til å endre gjennomsnittleg rentebinding på gjeldsporteføljen utan at opplåningsstrategien blir endra.
Ved utgangen av 3. kvartal var det samla uteståande avtalar for om lag 135 mrd. kroner med 13 ulike motpartar. Figur 2.3 viser utviklinga i renteeksponeringa for statsgjelda2. På Finansdepartementets internettside finn ein ei oversikt over statens rentebyteavtalar.
2.7 Forslag til fullmakter
Tabell 2.3 gjev ei samla oversikt over gjeldande lånefullmakter for 2012, saman med forslag til nye fullmakter for 2013. I tillegg ber departementet om at fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir vidareførd.
Tabell 2.3 Fullmakt til opptak av statslån i 2013. Mill. kroner
Fullmakt for 2012 | Utnytta pr. 30.09.12 | Forslag til ny fullmakt for 2013 | |
---|---|---|---|
Nye langsiktige lån | 70 000 | 51 000 | 100 000 |
Kortsiktige marknadslån | 250 000 | 210 953 | 250 000 |
Andre kortsiktige lån | Uavgrensa | 213 972 | Uavgrensa |