6 Merknader til dei enkelte føresegnene
6.1 Til endringane i straffelova 1902
I § 219 første ledd bokstav a er det gjort framlegg om ei tilføying for å klargjere at sambuarar nyter same vernet som ektefellar mot å bli utsett for vald i nære relasjonar. Med “samboer” meines to personar som lever saman i eit ekteskapsliknande forhold. Par som aldri har budd saman, er ikkje omfatta. Både homofile og heterofile sambuarforhold er omfatta. Framlegget omfattar både noverande og tidlegare sambuarar, så det er ikkje naudsynt å avgjere om partane for tida bur saman, så lenge det er klart at dei har gjort det tidlegare.
I § 219 første ledd bokstav b er det gjort framlegg om ei tilføying for å klargjere at også slektningane i rett nedstigande line til tidligare eller noverande sambuar er omfatta av føresegna, på same måte som slektningane i rett nedstigande line til tidlegare eller noverande ektefelle, sjå over om “samboer”.
6.2 Til endringa i straffeprosesslova
Det er gjort framlegg om ei tilføying i straffeprosesslova § 224 fjerde ledd andre punktum. Endringa går ut på at det blir lovfesta ein rett for politiet til å etterforske tilfelle der barn under 18 år døyr plutseleg og uventa, utan omsyn til om det ligg føre mistanke om straffbart forhold. Denne retten skal kombinerast med ei plikt i instruks. Ei nærmare presisering av politiets etterforskingsplikt skjer også i instruks.
Vilkåret om at barnet skal ha døydd plutseleg og uventa inneber at naturlege dødsfall etter sjukeleie eller som av andre årsakar openbert ikkje har samanheng med straffbare handlingar, normalt ikkje vil vere omfatta av plikta. Dette kan etter omstenda vere aktuelt om dødsfallet skjer på sjukehus eller annan institusjon.
6.3 Til endringane i straffelova 2005
I § 282 bokstav a er det gjort framlegg om ei tilføying som klargjer at føresegna omfattar tidlegare og noverande sambuarar. I bokstav b er det gjort framlegg om ei tilføying som klargjer at føresegna omfattar slektningane i rett nedstigande line til tidlegare eller noverande sambuar. Ordet “samboer” forstås på same måte som under merknadene til endringsframlegga i straffelova 1902 § 219 bokstav a og b, sjå foran. Departementet føreslår også ei tilføying slik at barna til gjerningspersonen er omfatta av føresegna i tråd med det som gjeld etter straffelova 1902 § 219 første ledd bokstav b.
6.4 Til iverksetjingsføresegna
Departementet gjer framlegg om at endringane i straffelova 1902 og straffelova 2005 trer i kraft straks.
Tidspunktet for ikraftsetjing av endringa i straffeprosesslova vil bli tilpassa behovet påtalemakta har til å gi instruksar og gjere andre førebuingar.