4 E39 Høgkjølen – Harangen i Sør-Trøndelag – forskottering
Prosjektet er mellom anna omtalt i St.meld. nr. 16 (2008-2009), side 230, og Prop. 1 S (2011-2012), side 92.
Eksisterande E39 mellom Høgkjølen og Forve i Orkdal kommune er svingete og bratt. I tillegg har vegen dårleg bereevne, og på delar av strekninga er det mange bustader langs vegen. Prosjektet Høgkjølen – Harangen omfattar bygging av 10,4 km ny veg med to felt frå Høgkjølen på E39 til Harangen på fv 714. Det skal mellom anna byggjast ein tunnel på i underkant av 1 km gjennom Harangshammeren og ei kortare bru for kryssing av elva Songa. Omlegginga vil føra til at noverande E39 mellom Høgkjølen og Orkanger blir omklassifisert til fylkesveg.
I St.meld. nr. 16 (2008-2009) er det lagt til grunn eit kostnadsoverslag på 360 mill. 2009-kr. Finansieringsføresetnadene er 100 mill. kr i statlege løyvingar i perioden 2010-2013 og 260 mill. kr i perioden 2014-2019. Samferdselsdepartementet legg no til grunn ei styringsramme for prosjektet på 482 mill. 2012-kr og ei kostnadsramme på 530 mill. 2012-kr.
Møre og Romsdal fylkeskommune gjorde i møte 21. april 2010 vedtak om å forskottera 40 mill. kr til prosjektet i 2012, mot refusjon i 2014-2019. Sør-Trøndelag fylkeskommune har i møte i fylkestinget 3. mars 2010 vedteke å forskottera 60 mill. kr til prosjektet i 2011 og 2012, mot refusjon i 2014-2019. Samferdselsdepartementet sluttar seg til eit slikt opplegg. Forskotteringane frå Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag fylkeskommunar vil bli refunderte i perioden 2014-2017, utan kompensasjon for prisstiging og renter på eventuelle lån. Det er rom for slik forskottering innafor den fullmakta som departementet har, jf. romartalsvedtak V i Prop. 1 S (2011-2012).
Det er lagt opp til anleggsstart i september 2012, og heile prosjektet er planlagt opna for trafikk i 2015. Prosjektet har behov for om lag 55 mill. kr i 2012. Etter opplegget vil Sør-Trøndelag fylkeskommune stilla desse midlane til disposisjon.