Tilråing
Samferdselsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om innkrevjing av lokalt finansieringsbidrag på omsetnad av drivstoff i Tromsø.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjera vedtak om innkrevjing av lokalt finansieringsbidrag på omsetnad av drivstoff i Tromsø i samsvar med eit vedlagt forslag.