4 Behov for endringar
4.1 Innleiing
Innhaldet i gjeldande delingsforbod er stort sett uendra sidan føresegna vart innført i 1955. Mange fleire enn i dag var da busett på bygdene og fekk òg ein større del av inntekta si frå landbruksverksemda på garden, anten ressursgrunnlaget på eigedomen var stort eller lite. Desse tilhøva har endra seg fram til i dag. I perioden frå 1979 til 2011 er talet på driftseiningar i aktiv drift redusert frå 125 302 til 45 612. Samla sett gjer endringar i samfunnet det ønskeleg å vurdere om føresegna fangar opp problema i dag på ein god nok måte.
I innleiinga til kapittel 10.4.2 i Meld. St. 9 (2011-2012)Landbruks- og matpolitikken Velkommen til bords er det slått fast at eitt av måla i landbrukslovgivinga er at eigar og brukar skal vere den same. Det tilseier at det bør stimulerast til at aktive brukarar kan styrke arealgrunnlaget sitt. Det er òg vist til at den gjennomsnittlege storleiken på eigd jordbruksareal er liten, og at Noreg har eit skogbruk med små einingar. Det går òg fram at:
”Når det skal stimuleres til tjenlig variert bruksstruktur, bør virkemidlene i større grad enn i dag legge til rette for omsetning av tilleggsjord og skog. I noen områder kan årsaken til at utbudet av tilleggsjord og skog er lavt være ulike bestemmelser i landbrukslovgivningen som enten hindrer salg eller reduserer eierens vilje til å selge. Det kan også ha sammenheng med den praksis kommunene fører i enkeltsaker. Jordlovens delingsforbud er et eksempel på en slik hindring. Dersom det blir enklere å dele fra, kan det føre til at flere ønsker å selge tilleggsjord og skog i aktive områder der det er vanskelig å få kjøpt eller leid slike arealer i dag. Reglene skal ivareta jordvernet, og delingspraksisen skal være i tråd med målene i landbruks- og matpolitikken.”
Det er i same punkt uttalt følgjande:
”Undersøkelser viser at det mange steder er en underdekning på tilgjengelige landbrukseiendommer, dvs. at det er flere som etterspør slike eiendommer enn det er villige selgere. Mange av dem som etterspør slike eiendommer er primært ute etter en romslig boplass, gjerne nær naturen, med muligheter for fysisk lek for barn og ungdom og med lett tilgang til friluftsliv. Utenom pressområdene er det viktig å utnytte arealene slik at de kan bidra til slik livskvalitet. Dette kan bl.a. styrke mulighetene for å opprettholde bosettingen i sårbare samfunn. Også i denne sammenhengen kan forenklinger i jordlovens delingsforbud legge til rette for at mulighetene som ligger i fradeling og endret bruk kan bli utnyttet i større grad enn i dag.”
Fleirtalet i næringskomiteen uttalte i Innst. 234 S (2011-2012) følgjande i tilknyting til forslaga:
”Flertallet merker seg at regjeringen ønsker økt omsetning av ubebodde landbrukseiendommer og mer aktiv bruk av mindre eiendommer til bosetting og fritidsbruk, og ser det som positivt at det blir enklere å fradele romslige tomter, tun og bolighus, samtidig som produktive jord- og skogbruksarealer kan bli solgt til andre landbrukseiendommer i nærheten med aktiv drift.
Når det gjelder fradeling av hus og tomt fra landbrukseiendom, ser flertallet fram til at det legges opp til fleksibilitet i regelverket, slik at praksis i størst mulig grad kan tilpasses lokale behov.”
Vurderingar knytte til endring av delingsforbodet i jordlova er òg behandla i Meld. St. 17 (2012-2013) Byggje – bu – leve Ein bustadpolitikk for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar som vart lagt fram for Stortinget i mars i år. Det er der blant anna vist til at det bør bli enklare å dele frå til bustadformål.
Formålet med jordlova er å leggje tilhøva til rette slik at arealressursane vert brukte på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket. Det er lagt til grunn at arealressursane bør disponerast på ein måte som gir ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området, med hovudvekt på omsynet til busetjing, arbeid og driftsmessig gode løysingar.
4.2 Høyringsinstansane
Fleire høyringsinstansar har uttalt seg om behovet for ei endring. Uttalane gjeld særleg leigejord og behovet for tilleggsjord. Dei som går i mot forslaget meiner at ein i staden for å endre lova, kan oppnå det same med endring av rundskriv eller retningslinjer. Ein høyringsinstans som meiner dette er Fylkesmannen i Møre og Romsdal, som uttaler:
”Vårt utgangspunkt er at ei ønska lemping på delingsforbodet kan forankrast i dagens § 12, med utfyllande presiseringar i rundskriv. Vi meiner at gjeldande lovtekst gjev landbruksjord eit godt og naudsynt vern, og at den også gjev kommunane det skjønnet som gjer at dei kan legge vekt på omsynet til busetjing.”
Fylkesmannen i Hordaland støttar i utganspunktet forslaget til endringar, men meiner at dagens regel ikkje er til hinder for ønskt busetjing:
”Det er fylkesmannen si oppfatning at delingsforbodet i jordlova ikkje har vore til hinder for ønska busetting i område der det er nedgang i folketalet. I vårt fylke er planbestemmelsar i plan- og bygningslova større hinder for busetjing isolert sett enn delingssamtykke etter jordlova.”
Av dei som er positive til forslaget, er det mange som meiner at det er behov for ei endring for å oppnå auka harmonisering av eigedoms- og bruksstrukturen, og at forslaget er eigna til å oppnå det. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag uttaler:
”Etter vår vurdering vil en kunne oppnå økt harmonisering mellom eier- og bruksstrukturen i jordbruket dersom § 12 endres slik som foreslått. Slik delingsforbudet hittil har vært praktisert, har det vært vanskelig for en eier som har villet fradele jord for salg som tilleggsjord å få samtykke dersom han ikke samtidig har villet solgt eiendommens øvrige arealressurser som tilleggsareal. På bakgrunn av den høye leiejordsandelen og behovet for investeringer i jordbruksarealene i form av grøfting etc., er det svært viktig at det tas grep som sikrer at den som driver jorda også får eie den. En eier som ikke selv driver landbrukseiendommen sin, vil kanskje lettere akseptere å fradele jordbruksarealene for salg som tilleggsjord dersom han får sitte igjen med den resterende delen av eiendommen.”
Statens landbruksforvaltning nemner at dagens regel kan vere eit hinder for gode løysingar, og at forslaget vil kunne bidra til å endre dette:
”Dagens regelverk bidrar i enkelte tilfelle til å sementere eiendomsstrukturen i unødig grad, og vi ser at manglende fleksibilitet/festnet praksis under jordloven § 12 i en del tilfelle vanskeliggjør ellers gode løsninger. Den nye regelen vil kunne bidra til en mer tjenlig eiendomsstruktur ut fra driftens behov, ved at det lettere vil kunne avgis landbruksareal fra en landbrukseiendom til en annen. Dette vil også medvirke til at leiejord i større grad vil komme på eiers hånd, slik at eier- og bruksstruktur blir harmonisert.”
4.3 Tilleggsjord
Omtrent 185 100 landbrukseigedomar er registrerte i Landbruksregisteret (eigedomar med minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktiv skog). Leigejorda på landsbasis aukar. I 2008 var 39,9 % av det dyrka arealet leigd areal. I 2011 hadde det leigde arealet auka til 42,5 %.1 Noreg har òg eit skogbruk med små einingar. Over halvparten (61%) av skogeigedomane hadde i 2011 berre mellom 25 og 250 dekar produktivt skogareal.2
Grupperer ein landbrukseigedomane etter eigd jordbruksareal viser tala mange små eigedomseiningar, sjå figur 4.1. Hovudtyngda (72 %) av eigedomane hadde mellom 5 og 99 dekar eigd jordbruksareal. Ein femdel av eigedomane hadde meir enn 100 dekar eigd jordbruksareal. Opplysingane frå SSB, sett i samanheng med landbruksteljingane frå 1979 og 1989, viser at talet på eigedomar mellom 5 og 99 dekar eigd jordbruksareal har gått jamt nedover i perioden frå 1979 (med om lag 9 prosentpoeng), og at talet på eigedomar med eigd jordbruksareal over 100 dekar har auka i same periode (med om lag 6 prosentpoeng).
I Meld. St. 9 (2011-2012)Landbruks- og matpolitikken Velkommen til bords kapittel 10.6.2 heiter det ”Et sentralt mål i landbrukslovgivningen har over generasjoner vært at eier og bruker skal være den samme”. Det store og aukande omfanget av bortleige inneber ei endring av bruksstrukturen i strid med denne målsetjinga. Der brukaren er avhengig av mykje leigejord vert òg drifta usikker, og det er vanskeleg å planleggje framover. Departementet meiner at det er behov for å stimulere til auka omsetjing av tilleggsjord og skog til eige for å motvirke denne utviklinga. Endra praksis ved søknad om deling der formålet med delinga er tilleggsjord kan stimulere til dette. Etter gjeldande jordlov § 12 kan det givast delingssamtykke om samfunnsinteresser av stor vekt taler for det. I forarbeida til føresegna er det lagt til grunn at for eksempel rasjonalisering av eit bruk kan sjåast som ei samfunnsinteresse av stor vekt og såleis opne for å gi delingssamtykke, jf. Ot.prp. nr. 72 (1993-94) s. 55 spalte 1. Departementet har lagt opp til ein streng praksis på dette punktet. Det har ført til at det i praksis har vore vanskeleg å få samtykke til frådeling av delar av det produktive arealet som tilleggsjord, der eigaren ønskjer å behalde bygningane saman med noko produktivt areal sjølv. Departementet meiner at det er ønskeleg å endre delingsføresegna slik at ho i noko større grad opnar for slike løysingar.
Det vil likevel vere behov for noko tilleggsjord gjennom leige. Leigejorda kan i nokon grad vere viktig for ein fleksibel landbruksproduksjon, for eksempel ved produksjonar som krev vekstskifte. Det kan dessutan vere tilhøve som gjer at eigaren har behov for å leige eigedomen bort i ein periode.
4.4 Busetjing
Omtrent 33 000 landbrukseigedomar med bustadhus var i 2010 utan fast busetjing. Husa på desse eigedomane er eit ressurspotensial for busetjing. Undersøkingar viser at etterspurnaden etter landbrukseigedomar i mange delar av landet er større enn utbodet. Mange av dei som er interesserte i slik eigedom er primært ute etter ein romsleg plass å bu, nær naturen og med plass til å utfolde seg.
Omsynet til busetjing må etter ei konkret vurdering sjåast som ei samfunnsinteresse av stor vekt dersom det etter lova i dag skal kunne givast delingssamtykke. Heimelen kan i nokon mon hindre bruk av bustadhus og tomter til busetjing. Departementet meiner regelen bør opne for busetjing i større grad enn gjeldande regel gir rom for. Det er i denne samanhengen ønskeleg å leggje til rette for resultat som er tilpassa lokale behov.
4.5 Oppsummering av behovet for endringar
I brev til kommunane og fylkesmennene frå 2010 vart praksis forsøkt mjuka opp. Brevet har etter departementet si vurdering ikkje ført til nemnande endringar i praksis. Departementet meiner at praksis har festna seg i så stor grad at det er vanskeleg å oppnå endring gjennom nye retningslinjer, for eksempel i brev eller i rundskriv. Sjølv om nokre høyringsinstansar meiner det er tilstrekkeleg med retningslinjer, er det fleire som deler departementets syn.
For å sikre ein praksis som er betre tilpassa lokale behov når det gjeld omsynet til busetjing, og ein praksis som kan føre til større samsvar mellom eigedomsstruktur og bruksstruktur, meiner departementet det er nødvendig å endre delingsføresegna i jordlova. Forslaget til lovendringar går fram av kapittel 5.