7 Spesialmerknader til lovforslaget
Til § 2 tredje ledd
Forslaget til nytt tredje ledd andre punktum er nytt. Det utfyller gjeldande lov § 2 tredje ledd som gjer unntak frå forbodet mot omdisponering etter jordlova § 9 der vassdragsmyndigheita har gitt løyve til vassdragstiltak etter vannressurslova § 8.
Forslaget i tredje ledd andre punktum inneber eit unntak frå jordlova § 12. Delingsføresegna i jordlova gjeld ikkje for anlegg for overføring eller omforming av elektrisk energi som nemnt i energilova § 3-1 tredje ledd eller for anlegg for produksjon av energi etter energilova, vannressurslova eller vassdragsreguleringslova. Det er ein føresetnad at energi- eller vassdragsmyndigheita har gitt samtykke til tiltaket.
Forslaget gjeld tiltak som kraftleidningar og trafostasjonar i regional- og sentralnettet, konsesjonspliktige anlegg for produksjon etter energilova, vannressurslova og vassdragsreguleringslova. Slike tiltak vil etter dette kunne gjennomførast utan behandling etter føresegna om deling i jordlova sjølv om dei ikkje er fastsette i ein plan etter plan- og bygningslova.
Til § 12
I forslaget til første ledd er det gjort ei endring i høve til gjeldande lov tredje punktum slik at uttrykket ”forbodet” er teke ut. Formålet med endringa er å flytte merksemda bort frå forbod, sjå omtale av dette i kapittel 5.1. Det er foreslått følgjeendringar i ordlyden og i rekkefølgja av første til tredje punktum for å få dette fram. Ut over dette, er det ikkje meininga å endre innhaldet i høve til gjeldande regel. Første ledd fører såleis vidare eigedomsomgrepet og delingsomgrepet som ligg til grunn for gjeldande praksis.
Forslaget til nytt andre ledd gjeld tilhøvet mellom delingsføresegna og jordlova § 9 som gjeld omdisponering av dyrka og dyrkbar jord. Der formålet med deling gjer det nødvendig med samtykke òg etter jordlova § 9 er det i forslaget lagt til grunn at samtykke til deling ”ikkje kan givast” utan at det er gitt samtykke til omdisponering etter § 9. Regelen lovfestar gjeldande praksis når det gjeld rekkefølgja ved behandling av søknad etter dei to føresegnene. Regelen er likevel ny i den forstand at ei avgjerd om å gi samtykke til omdisponering vert eit vilkår for å gi delingssamtykke. Gjeld saka dyrka eller dyrkbar jord som er omfatta av jordlova § 12 og som skal frådelast og omdisponerast, vil eit vedtak om å dele frå mangle heimel med mindre det ligg føre eit vedtak som gir løyve til omdisponering.
Det går fram av forslaget til nytt tredje ledd første punktum at det ved avgjerd av om det skal givast samtykke til deling skal leggjast vekt på om delinga legg til rette for ”ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket”.
Ved vurderinga av kva som gir ein tenleg bruksstruktur må dei momenta som er nemnde i jordlova § 1 andre og tredje ledd trekkjast med. Dette gjeld blant anna omsynet til kulturlandskapet. Kva som er ein tenleg variert bruksstruktur er nærare omtalt i rundskriv M-35/95 Om jordloven § 1. Det skal leggjast til rette for utvikling av bruk som er tenlege for samfunnet både nasjonalt og lokalt, sett ut frå det området eigedomen ligg. Det er lagt til grunn som eit mål for jordlova at driftseiningane bør styrkast gjennom bruk av verkemidla i lova. Ved avgjerd av kva for bruksstorleik som er tenleg, må ein sjå på ressursgrunnlaget og om ressursane kan drivast på ein kostnadseffektiv måte i eit langsiktig perspektiv. Ved avgjerd av ei sak kan ein likevel finne at auke av arealet ikkje vil føre til nemnande styrking av bruket.
Forslaget til nytt tredje ledd andre punktum listar opp tre moment som skal tilleggjast vekt ved vurderinga. Momenta er omsynet til vern av arealressursane, om delinga fører til ei driftsmessig god løysing og om delinga kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Opplistinga er ikkje uttømmande. Òg andre moment kan trekkjast inn, sjå formuleringa ”I vurderinga inngår mellom anna”.
Det skal etter nytt tredje ledd andre punktum leggjast vekt på ”omsynet til vern av arealressursane”.
Formuleringa ”omsynet til vern av arealressursane” gjer det mogleg for forvaltinga å treffe ei avgjerd som kan hindre at det oppstår einingar som det er vanskeleg å drive rasjonelt og oppretthalde som aktive bruk. Formuleringa gjer det òg mogleg å hindre oppdeling som gjer det vanskeleg å nekte seinare omdisponeringar.
Det er ”arealressursane” på eigedomen som er omfatta av delingsføresegna som er gitt eit vern. Omgrepet omfattar ulike ressursar anten dei består av jord, skog eller bygningar eller rettar. Omgrepet omfattar òg ressursar som kan kome til nytte i samband med verksemd som naturleg grensar til landbruk, for eksempel turisme eller anna tilleggsnæring. Vurderinga av kva for ressursar som er aktuelle må ta utgangspunkt i dei langsiktige verknadene for eigedomen og inntekta frå han ved å dele frå areal eller bygningar. Det har ikkje nemnande vekt kva som er privatøkonomisk mest lønsamt for eigaren.
Når det skal leggjast vekt på ”vern av arealressursane”, kan det ved frådeling til tilleggsjord leggjast vekt på om ressursane vert like godt eller betre verna ved at dei vert lagt til nabobruket. Dette er nytt i høve til gjeldande reglar.
Det skal etter nytt tredje ledd andre punktum leggjast vekt på ”om delinga fører til ei driftsmessig god løysing”.
Formuleringa ”driftsmessig god løysing” er henta frå jordlova § 1, og omfattar det same i forslaget til nytt tredje ledd andre punktum. Formuleringa inneber at det må leggjast vekt på ei eigedomsutforming som kan føre til kostnadseffektiv drift. Arronderingsmessige tilhøve som avstandar, teigutforming og liknande må trekkjast inn. Ei driftsmessig god løysing inneber at driftseiningane bør vere samla og med korte driftsavstandar. Det er òg ei driftsmessig god løysing dersom bygningsmassen og driftsapparatet kan utnyttast på ein god måte. Vanlegvis vil oppbygging av ei eining mot større bruk føre til reduksjon i driftskostnadene. Eit slikt resultat vil vere eit moment ved avveginga av om ein oppnår ei driftsmessig god løysing.
Vurderinga av kva som vil vere ei driftsmessig god løysing må gjerast ut frå kva som er pårekneleg drift, og i eit langsiktig perspektiv.
Ved frådeling av tilleggsjord og -skog vil vurderinga av om delinga fører til ei driftsmessig god løysing både vere knytt til den eigedomen som vert delt, og til den eigedomen tilleggsjorda vert lagt til.
Momentet må sjåast i lys av eigedomsstrukturen og bruksstrukturen som finst i dag, med stort omfang av leigd jordbruksareal i mange områder. Ved frådeling av tilleggsjord kan det såleis leggjast vekt på at jord som elles vert leigd bort skal overførast til eige til ein aktiv næringsutøvar. Det kan òg leggjast vekt på om den som skal overta leiger den aktuelle teigen allereie.
Det skal etter nytt tredje ledd andre punktum leggjast vekt på ”om delinga kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området”. Momentet gjeld ulemper som kan oppstå for drifta. Momentet fører vidare gjeldande lov, og praksis etter gjeldande lov skal og førast vidare. Det inneber mellom anna at ein må vurdere ulempene som kan oppstå på eigedomen som vert delt, men òg på andre eigedomar. Berre ulemper som er konkret påreknelege og som har ein viss styrke og eit visst omfang kan trekkjast inn. Tradisjonelt deler ein ulempene i to grupper; direkte og indirekte ulemper. Tråkk og slitasje på jordbruksareal, eller at dyr på beite vert forstyrra er eksempel på direkte ulemper. Tomter som vert plasserte nær driftsbygningen kan gjere bruken av bygningen vanskeleg. Dette er òg ei direkte ulempe. Ved frådeling av tomter kan eigaren av tomtene verte påførte ulemper i form av støy, lukt, støv etc. frå landbruksverksemda. Slike ulemper kan igjen føre til krav om restriksjonar i drifta ved offentlege påbod, eller frå ein som vert utsett for ulempa. Dette er dei såkalla indirekte ulempene. Ved vurderinga av om ulempene er påreknelege må det mellom anna takast omsyn til korleis tomta ligg i høve til jordbruksareal, tun osv. Det må òg takast omsyn til pårekneleg driftsform.
I forslaget til nytt tredje ledd tredje punktum går det fram at det ved vurderinga av kva som er ein tenleg variert bruksstruktur òg kan leggjast vekt på ”andre omsyn dersom dei fell inn under formålet i jordlova”. Det inneber at det ved vurderinga etter tredje ledd i forslaget ikkje kan takast omsyn til andre moment enn dei som fell inn under § 1 i jordlova. Andre samfunnsomsyn, for eksempel omsynet til å skaffe tomter til næringsverksemd som ikkje er landbruk, fell såleis utanfor tredje ledd. Slike bruksendringar må skje gjennom planbehandling etter plan- og bygningslova. Dette er nytt etter forslaget.
Forslaget til nytt fjerde ledd fastset at sjølv om det ikkje ligg til rette for å gi samtykke til deling etter tredje ledd, kan samtykke givast dersom deling vil vareta omsynet til busetjinga i området. Det er såleis eit vilkår for å vurdere bruk av fjerde ledd at samtykke til deling ikkje kan givast etter tredje ledd.
Formuleringa ”dersom deling vil vareta omsynet til busetjinga i området” inneber at kommunen ved bruk av fjerde ledd pliktar å ta stilling til korleis omsynet til busetjinga i området gjer seg gjeldande. Er det for eksempel nedgang i folketalet som kan svekkje aktivitet og utvikling i området eller lokalsamfunnet, kan dette omsynet etter omstenda føre til at vurderingane etter tredje ledd bør vike. Korleis omsynet til busetjinga gjer seg gjeldande kan gjerast synleg i den konkrete saka eller for eksempel gjennom arbeid med kommuneplanen.
Formuleringa gjer òg at kommunen må kunne vise til at ei frådeling, anten delinga gjeld bygningar eller tomter, vil kunne føre til ei positiv endring i høve til omsynet til busetjinga.
Forslaget til nytt niande ledd gir departementet heimel til ved forskrift å gi høve til frådeling av mindre areal utan godkjenning. Heimelen gjeld berre ved frådeling av mindre areal i samband med grensejustering etter matrikkellova.