1 Innleiing
Helse- og omsorgsdepartementet gjer med dette framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2011 på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund. Forhandlingane med desse organisasjonane er enno ikkje avslutta.
Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.