Prop. 129 S (2010–2011)

Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet for 2011 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar)

I

Stortinget samtykker i at Helse- og omsorgsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til kommunane og trygderefusjonane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2011 på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund frå same dato.