Tilråing
Helse- og omsorgsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i statsbudsjettet for 2011 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om endringar i statsbudsjettet for 2011 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar), i samsvar med eit vedlagt forslag.