1 Føremål og hovudoversikt
1.1 Føremål
I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2011. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2011 vart vedteke.
På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verkty for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, vert såleis handsama samla og formalisert på rett måte. Regjeringa er oppteken av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg.
Omgrupperingsproposisjonen for 2011 tek føre seg budsjettekniske endringar. I tillegg vert lønnskompensasjonen for 2011 og meirinntekter for 2011 foreslått formalisert. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 363,140 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke enkelte bestillingsfullmakter.
1.2 Grunnlaget for omgrupperinga
1.2.1 Økonomisk grunnlag
Grunnlaget for omgrupperinga er vedteke budsjett for 2011, midlar ført over frå 2010 og dei seinare endringane gjort av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønnskompensasjonen for 2011 (185,348 mill. kroner).
Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2011, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Saldert budsjett 2011 | 39 248 552 |
Innst. 420 S (2010–2011) til Prop. 120 S (2010–2011) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2011 | 345 458 |
Innst. 442 S (2010–2011) til Prop. 127 S (2010–2011) Endringar i Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap | 11 904 |
Innst. 21 S (2011–2012) til Prop. 154 S (2010–2011) Tilleggsbevilgninger i statsbudsjettet 2011 i forbindelse med angrepene mot regjeringskvartalet og på Utøya | 86 900 |
Innst. 25 S (2010–2011) til Prop. 150 S (2010–2011) Merutgifter til norske styrkers deltakelse i operasjonen i Libya | 100 000 |
Prop. 3 S (2011–2012) Omdanning av Luftforsvarets hovedverksted Kjeller (LHK) til statsforetak og andre investeringer | 281 500 |
Budsjettmessige verknader av lønnsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2011 | 185 348 |
= Faktisk løyving før omgruppering | 40 259 662 |
+ Midlar ført over frå 2010 | 1 591 062 |
= Disponible midlar i 2011 før omgrupperinga | 41 850 724 |
Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2011, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Saldert budsjett 2011 | 4 664 865 |
Innst. 420 S (2010–2011) til Prop. 120 S (2010–2011) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2011 | 78 491 |
Prop. 3 S (2011–2012) Omdanning av Luftforsvarets hovedverksted Kjeller (LHK) til statsforetak og andre investeringer | 219 000 |
= Løyvingar før omgruppering | 4 962 356 |
1.2.2 Inntekter i 2011
I høve til saldert budsjett for 2011, med dei seinare endringane gjort av Stortinget, vert det ei meirinntekt på 373,666 mill. kroner der 372,525 mill. kroner vert foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet si meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2010–2011) under romartalsvedtak II.
1.2.3 Løyvingsbehov
Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytt til omgrupperinga for 2011.
Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):
Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida | 372 525 |
Reduksjon på utgiftssida knytt til ”Støttefond for oppbygging av den afghanske hæren” (ANA Trust Fund) | -9 385 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 363 140 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 40 259 662 |
= Samla løyvingar etter omgrupperinga | 40 622 802 |
+ Midlar ført over frå 2010 | 1 591 062 |
= Samla disponible midlar i 2011 etter omgrupperinga | 42 213 864 |
Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):
Løyvingar før omgrupperinga | 4 962 356 |
Meirinntekter | 373 666 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 5 336 022 |
På bakgrunn av dette foreslår regjeringa under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert auka med 363,140 mill. kroner, og at inntektsramma vert auka med 373,666 mill. kroner.
1.2.4 Utgifter
Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Fordeling av meirinntekter er inkludert i tabellen over utgifter.
Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)
Post | Føremål | Mindreutg.-/Meirutg.+ |
---|---|---|
01 | Driftsutgifter | 726 170 |
21 | Spesielle driftsutgifter | -1 272 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | -9 000 |
44 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del | -3 000 |
45 | Store nyskaffingar | -318 647 |
46 | Ekstraordinært vedlikehald | 30 000 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del | -25 000 |
50 | Overføring til Statens pensjonskasse | -10 200 |
60 | Tilskot til kommunar | -111 |
73 | Forsking og utvikling | -800 |
75 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noreg sitt tilskot til NATOs investeringsprogram for tryggleik | -20 000 |
78 | Noreg sitt tilskot til NATOs driftsbudsjett | -5 000 |
Sum | 363 140 |
1.2.5 Inntekter
Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)
Post | Føremål | Mindreinnt. -/Meirinnt.+ |
---|---|---|
01 | Driftsinntekter | 415 635 |
45 | Store nyskaffingar | 72 315 |
47 | Sal av eigedom | -19 150 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del | -95 134 |
Sum | 373 666 |