3 Bestillingsfullmakter
Regjeringa foreslår ein auke av bestillingsfullmakter i 2011:
Bestillingsfullmakter under kapittel 1700 Forsvarsdepartementet, post 01 driftsutgifter, vert foreslått auka med 5 mill. kroner, frå 0 til 5 mill. kroner. Bestillingsfullmakta er knytt til drift av Forsvarsdepartementet.
Bestillingsfullmakter under kapittel 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del, vert foreslått auka med 10 mill. kroner, frå 115 til 125 mill. kroner. Auken gjeld forseinking i samband med prosjekta BRASS (Broadcast and Ship-Shore System) og ACCS (Air Command and Control System).
Bestillingsfullmakter under kapittel 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del vert foreslått auka med 65 mill. kroner, frå 165 mill. kroner til 230 mill. kroner. Auken gjeld forseinking i samband med prosjekta JWC (Joint Warfare Centre) og SINDRE II (nedsenkbare luftvarslingsradarar).