4 Informasjonssak
4.1 Flytting av Heimevernsstaben (HVST) til Terningmoen
Det visast til Prop. 1 S (2011–2012) om etablering og flytting av HV-staben til Terningmoen ila. 2011. I samband med flyttinga vil òg ein del av planressursane som tidlegare var lokalisert utanfor HV-staben, verte organisert som ein del av staben på Terningmoen. Dette er ei intern omorganisering i HV og inneber ingen auke av HVs samla personellressursar knytt til stabsfunksjonar. Flyttinga skal vere sluttført i løpet av 2011. Personellauken i HV-staben skuldast ei konsolidering av stabselement innanfor HVs samla organisasjon.
Flyttinga er planlagt gjennomført med følgjande utgifter i 2011:
– | Eigedom, bygg- og anlegg (EBA) (post 47): | 51,8 mill. kroner |
– | Meirutgift (post 01): | 6,6 mill. kroner |
Byggjearbeida er starta på Terningmoen, og bygningane er planlagt ferdige i november/desember 2011. Bygningane omfattar ein kontormodul og ein forlegningsmodul. Meirutgiftene omfattar ny telefonsentral for å auke talet på telefonnummer og IKT-materiell, innreiing og møbler til kontor og forlegningsmodul, samt utgifter til flyttebyrå. HV-staben flytter inn på Terningmoen i desember 2011.
Meirutgifta under post 01 vert dekt ved omgruppering av midlar til kapittel 1734 medan kostnadene til EBA dekkast over investering på kapittel 1710, post 47.