1 Innleiing og bakgrunn
Det internasjonale valutafondet (IMF) har 187 medlemsland. Organisasjonen står sentralt i det globale samarbeidet om økonomiske og finansielle spørsmål og gir kortsiktige lån og råd til land som blir ramma av økonomiske kriser.
Stortinget samtykte i juni 2008 til at Noreg skulle slutte seg til kvote- og røysterettsreforma som IMF-organa vedtok i april 2008, jf. St.prp. nr. 58 (2007–2008) Om samtykke til endringer av IMFs statutter for å utvide organisasjonens investeringsmandat og for å gjennomføre en reform av kvoter og stemmerett, og om samtykke til en økning av Norges kvote i IMF og Innst. S. nr. 284 (2007–2008). Denne reforma overførte røystevekt frå dei tradisjonelle industrilanda til utviklingsland og framveksande økonomiar og auka røystevekta til låginntektslanda. I mange medlemsland tok det lang tid å ratifisere reforma, og ho tredde først i kraft 3. mars i år.
Finanskrisa synte eit behov for å auke utlånsevna til IMF monaleg. Samstundes ønskte mange at fordelinga av ansvar og innverknad i IMF raskare skulle tilpassast den auka økonomiske og politiske tyngda til framveksande økonomiar. I april 2009 blei IMF sin rådgivande komité av ministre og sentralbanksjefer, International Monetary and Financial Committee (IMFC), samd om å gjennomføre ein ny kvoterevisjon innan januar 2011 som eitt av fleire tiltak for å tredoble utlånskapasiteten til IMF. Dette var ei oppfølging av semja i G20 nokre veker tidlegare.
IMF-styret kom til semje om ein samla pakke for reform av styresamansetjing, kvotar og røysterett 15. november 2010, Grunnlaget var eit opplegg finansministrane og sentralbanksjefane i G20 hadde samla seg om på møtet i slutten av oktober. Guvernørrådet, det øvste organet i IMF, vedtok reformforslaget 15. desember. Reforma aukar forpliktingane og innverknaden til dynamiske, framveksande økonomiar og gir IMF større legitimitet og handlekraft til å gjennomføre oppgåvene sine. Samtidig styrkjer ein tilgangen på lånemidlar kraftig gjennom ei dobling av dei samla kvotane. Innhaldet i og bakgrunnen for reforma er tidlegare omtalt i Meld. St. 21 (2010–2011) Finansmarknadsmeldinga 2010, som blei lagd fram 15. april i år.
Reforma må ratifiserast i medlemslanda før ho kan tre i kraft. I tillegg må kvart medlemsland formelt akseptere sin nye kvote til IMF.
Finansdepartementet tilrår at Stortinget samtykkjer i at Noreg sluttar seg til reforma, jf. forslag til romartalsvedtak. Med det går ein med på at Noreg får kvoten sin auka frå 1 883,7 mill. SDR til 3 754,7 mill. SDR1, tilsvarande vel 32 mrd. kroner med valutakursen 14. juni, og ein samtykkjer i ei endring i IMF statuttane som fjernar ordninga med utpeika styrerepresentantar for dei fem landa med størst røystevekt, jf. vedlegg 1. Dei nye kvote- og røystevektene til medlemslanda er lista opp i vedlegg 2.
I kapittel 6 er det gitt ei kort utgreiing om prosessen med å velje ny administrerande direktør for IMF.