5 Økonomiske og administrative forhold
Noregs Bank administrerer Noreg sine økonomiske forpliktingar overfor IMF. Den norske kvoten i IMF er i dag på 1,88 mrd. SDR, tilsvarande vel 16 mrd. kroner med valutakursen frå 14. juni. Noreg har òg stilt 3,87 mrd. SDR, tilsvarande vel 33 mrd. kroner, til rådevelde for IMF gjennom den nye NAB-ordninga og den bilaterale låneavtalen mellom Noregs Bank og IMF frå juni 2009, og vidare 300 mill. SDR, tilsvarande 2,6 mrd. kroner, til IMFs spesielle ordningar for låginntektsland.
Med den nye kvotereforma aukar den norske kvoten til 3,75 mrd. SDR, tilsvarande vel 32 mrd. kroner. Storleiken på det samla norske bidraget til IMF framover avheng av kor stort det norske bidraget til den multilaterale innlånsordninga New Arrangement to Borrow (NAB) blir etter gjennomgangen hausten 2011.
Større kvote gir Noreg utvida rett til å ta opp lån i IMF, men pålegg samstundes landet ei utvida plikt til å stille sentralbankmidlar til disposisjon. Kvoteauken krev ikkje løyving over statsbudsjettet.
Kvoteauken kan krevje omplasseringar av Noregs Banks internasjonale reservar. Seinast 30 dagar etter at medlemslandet har sendt IMF melding om at det har akseptert kvoteauken, eller seinast 30 dagar etter at statuttendringane har tredd i kraft, skal 25 prosent av auken betalast inn til IMF i SDR eller i ein reservevaluta som er godkjend av IMF og av det medlemslandet som har utferda valutaen. Dei internasjonale reservane til Noregs Bank var ved utgangen av første kvartal på 292,7 mrd. kroner. Av dette utgjorde valutareservane 243,9 mrd. kroner.
Som for andre lån til IMF vil avkastinga på trekte beløp vere SDR-renta. Denne blir fastsett som eit vekta gjennomsnitt av renta på kortsiktige statspapir i amerikanske dollar, euro, britiske pund og japanske yen. Noregs Bank meiner at avkastinga på lån til IMF i gjennomsnitt kan bli noko lågare enn det banken elles kunne oppnådd. I den grad dette påverkar overskotet i Noregs Bank, vil det òg påverke overføringane frå Noregs Bank til statskassen med eit tidsetterslep. Noregs Bank anslår vidare at dei reint administrative kostnadene ved å følgje opp lån til IMF er om lag like store som kostnadene ved å følgje opp andre plasseringar av valutareservane.