3 Avgjerda i EØS-komiteen
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 98/2012 av 30. april 2012 inneber at EØS-avtalens vedlegg XXI (Statistikk) skal endrast. Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtalen og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtalen gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 691/2011 av 6. juli 2011 om europeiske miljøøkonomiske rekneskapar skal takast inn i avtalens vedlegg XXI etter nr. 27b, som nytt nr. 27c. Det er utarbeidd tilpassing for Island, som får to års frist for å gjennomføre vedlegg I, II og III til forordninga. Det er òg presisert at forordninga ikkje skal gjelde for Liechtenstein. Noreg kan gjennomføre forordninga utan materielle eller tekniske tilpassingar.
Artikkel 2 fastset at teksten til forordninga på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal gjelde.
Artikkel 3 fastset at avgjerda tek til å gjelde 1. mai 2012, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter avtalens artikkel 103 nr. 1.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.