6 Konklusjon og tilråding
EØS-avtalen byggjer på eit nært samarbeid både på statistikk- og miljøområdet. Forordninga vil bidra til å skaffe kunnskap om og oversikt over det samla presset på naturressursar og miljø som har sin årsak i den økonomiske aktiviteten i kvart einskilt land, og dette er eit område Noreg vil ha nytte av å delta i og bidra til å utvikle vidare.
Finansdepartementet tilrår godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 98/2012 av 30. april 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 691/2011 om europeiske miljøøkonomiske rekneskapar. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.