5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Gjennomføring av forordninga vil føre til auka administrative byrder for staten ved Statistisk sentralbyrå (SSB) av di Noreg må utvikle nokre nye statistikkprodukt, særskilt med omsyn til miljørelaterte skattar og materialstraumsrekneskap.
For modul 1) Utslepp til atmosfæren etter økonomisk aktivitet vil dei økonomiske og administrative konsekvensane vere små, og det er ikkje venta vesentlege endringar i høve til dagens aktivitetsnivå. Med unnatak av utslepp til luft frå biomasse etter økonomisk aktivitet og enkelte tenesteytande næringar på detaljert nivå, produserer SSB på årleg basis dei data som blir etterspurte. Årlege driftskostnadar er vurderte til 2–3 månadsverk.
Dei økonomiske konsekvensane av å etablere modul 2) Miljørelaterte skattar etter økonomisk aktivitet som ein offisiell statistikk er rekna til omtrent 6–8 månadsverk. Årlege driftskostnadar er rekna til omtrent 2 månadsverk.
Modul 3) Materialstraumsrekneskap er i dag ikkje ein del av SSB sin statistikkportefølje. Dei økonomiske konsekvensane av å etablere materialstraumsrekneskap som ein offisiell statistikk i SSB, er rekna til i overkant av eitt årsverk. Årlege driftskostnadar er vurderte til omlag 3–4 månadsverk.
Kostnadene som er knytte til å utvikle dei nye statistikkprodukta, blir rekna til om lag 1,7 millionar kroner i alt. Av dette blir om lag 70 prosent dekte gjennom EU-midlar.
Kostnadene i samband med det årlege arbeidet med å drifte den nye statistikken som følgjer av forordninga, er rekna til totalt 700.000 kroner per år.
Gjennomføring av forordninga vil altså føre til auka administrative byrder for staten ved Statistisk sentralbyrå. SSB vil så langt som mogleg nytte eksisterande statistikk og data som allereie blir samla inn. Kostnadene vil bli dekte innanfor Finansdepartementet sitt budsjettområde.