2 Bakgrunnen for lovforslaga
2.1 Direktivet om forseinka betaling
Det gjeldande europaparlaments- og rådsdirektivet 2000/35/EF av 29. juni 2000 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve, nedanfor også omtalt som 2000-direktivet, vart gjennomført i norsk rett ved lov 12. desember 2003 om endringar i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. Sjå Ot.prp. nr. 3 (2003–2004) om den nærare grunngjevinga for endringslova.
Europakommisjonen meiner at forseinka betaling framleis er eit problem for små- og mellomstore verksemder og den indre marknaden. Sjølv om varene er leverte eller tenestene utførte får fordringshavaren betalinga seinare enn han har krav på, noko som verkar negativt på likviditeten, den finansielle situasjonen og konkurranseevna til føretaka. Kommisjonen foreslo i KOM (2009) 126/4 fleire endringar i direktivet om forseinka betaling. Kommisjonen sitt forslag vart sendt på høyring frå Justis- og politidepartementet 24. april 2009. Direktivet som nå ligg føre – europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve – er ein omarbeiding av det gjeldande direktivet. Det gjeldande direktivet vil bli oppheva når gjennomføringsfristen til det nye direktivet frå 2011 går ut 16. mars 2013. Direktivet frå 2011 er nedanfor omtalt som direktivet om forseinka betaling eller berre direktivet.
Direktivet om forseinka betaling inneheld føresegner som har til føremål å styrkje fordringshavarane si rettsstilling ved forseinka betaling i handelshøve. Direktivet trekk opp ei rettsleg ramme for å hindre forseinka betaling og for å sikre passande kompensasjon der dette likevel skjer. Direktivet inneheld vidare føresegner som skal sikre at innkrevjing av gjeld vert effektiv og rimeleg. Direktivet er avgrensa til betalingar i handelstransaksjonar – det vil seie levering av varer eller tenester mot vederlag i forretningsmessige transaksjonar mellom føretak eller mellom føretak og det offentlege, jf. artikkel 2 nr. 1. Direktivet gjeld altså ikkje forbrukarforhold.
Direktivet er eit minimumsdirektiv på den måten at medlemsstatane kan halde fram med å ha føresegner eller fastsetje føresegner som er gunstigare for fordringshavaren enn det som følgjer av direktivet, jf. artikkel 12 nr. 3.
EFTA-landa si vurdering av 2000-direktivet var at det fall utanfor EØS-avtala sitt verkeområde slik avtala var då. Direktivet vart tatt inn i EØS-avtala på frivilleg grunnlag frå EFTA-statane si side. Departementet har vurdert det slik at direktiv 2011/7/EU er EØS-relevant og akseptabelt. Direktivet vart, med atterhald om Stortinget sitt samtykkje, innlemma i EØS-avtalen ved EØS-komiteen sitt vedtak 55/2012 30. mars 2012.
I proposisjonen foreslår departementet føresegner til norsk gjennomføring av direktivet. Der direktivet i sitt innhald er vesentleg likt gjeldande direktiv og difor ikkje krev endringar av norsk rett, har departementet i stor grad nøgd seg med å vise til Ot.prp. nr. 3 (2003-2004).
2.2 Hovudpunkta i høyringsnotatet
Departementet la i høyringsnotatet til grunn at gjeldande rett i hovudsak er i samsvar med direktivet, men at direktivet likevel inneheld enkelte endringar som gjer det naudsynt med mindre justeringar av gjeldande regelverk, samt visse særlege reglar om høvet mellom næringsdrivande som fordringshavar og det offentlege. I høyringsnotatet vart det fremma forslag om innføring av ny § 2 a i forseinkingsrentelova for å beskytte fordringshavarane sine krav på renter og betaling. Høyringsnotatet la også opp til ein auke av forseinkingsrentesatsen i næringshøve på eitt prosentpoeng. Nytt er også forslaget om ein standardkompensasjon for å dekke inndrivingskostnadane i ny § 3 a. Vidare vart det foreslått visse justeringar i forseinkingsrentelova § 4 a om bruken av avtalelova § 36. Dei særlege reglane om høvet mellom næringsdrivande som fordringshavar og offentlege myndigheiter vart foreslått regulert i ei ny § 4 b i forseinkingsrentelova.
2.3 Høyringa
Justisdepartementet sendte 9. mai 2011 forslaga om endringar i forseinkingsrentelova på høyring til følgjande institusjonar og organisasjonar:
Departementa
Domstoladministrasjonen
Finanstilsynet
Konkurransetilsynet
Skattedirektoratet
Toll- og avgiftsdirektoratet
Forbrukarrådet
Forbrukarombodet
Husbanken
Innovasjon Norge
Noregs Bank
Regjeringsadvokaten
Riksrevisjonen
Statens Innkrevjingssentral
Verdipapirsentralen
ØKOKRIM
Sivilombodsmannen
Bergen kommune
Oslo kommune
Stavanger kommune
Trondheim kommune
Tromsø kommune
Advokatforeningen
Arbeidsgiverforeningen for Skip og Offshorefartøyer
Bedriftsforbundet
COOP Norge SA
Finansklagenemnda
Den norske Aktuarforening
Den norske Dommerforening
Den norske Revisorforening
Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen
Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo
Det juridiske fakultet, Universitetet i Tromsø
Eiendomsmeglerforetakenes Forening
Finansforbundet
Finansnæringens Fellesorganisasjon
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Handelsbanken Liv
Handelshøyskolen BI
Huseiernes Landsforbund
Kommunalbanken AS
Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS)
Kreditorforeningen i Oslo
Landsorganisasjonen i Norge
Maskinentreprenørenes Forbund
Nei til EU
NKK – Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund
Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening
Norges Bilbransjeforbund
Norges Bondelag
Norges Eiendomsmeglerforbund
Norges Fiskarlag
Norges Fondsmeglerforbund
Norges Handelshøyskole
Norges Huseierforbund
Norges Juristforbund
Norges Kreditorforbund
Norges Lastebileierforbund
Norges Rederiforbund
Norsk Bergindustri
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Norsk Egeninkassoforening
Norsk senter for menneskerettigheter
Norske Boligbyggelags Landsforbund
Norske Finansanalytikeres Forening
Norske Forsikringsmegleres Forening
Norske Inkassobyråers Forening
Norske Kommunale Regnskapskontrollørers Forbund
Norske Kredittopplysningsbyråers Forening
Norske Siviløkonomers forening
NTL-Skatt
Næringslivets Hovedorganisasjon
Oslo Børs
Pensjonskasseforeningen
Private Barnehagers Landsforbund
Rettspolitisk foreining
Sjøassurandørenes Centralforening
Skatterevisorenes Forening
Sparebank 1 Livsforsikring
Verdipapirfondenes forening
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Høyringsfristen var 1. september 2011. Følgjande instansar har uttalt at dei ikkje vil kome med fråsegn i saka, at dei ikkje har merknader til høyringsnotatet, eller at dei støttar framlegget utan merknader:
Administrasjons- og kyrkjedepartementet
Arbeidsdepartementet
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Finansdepartementet
Fiskeri- og kystdepartementet
Helse og omsorgsdepartementet
Kunnskapsdepartmentet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Samferdsledepartmentet
Utanriksdepartementet
Domstolsadministrasjonen
Konkurransetilsynet
Statens innkrevjingssentral
Husbanken
Noregs Bank
Landsorganisasjonen i Norge
Næringslivets hovedorganisasjon
Revisorforeningen
Følgjande instansar har merknader til forslaga:
Pensjonskasseforeningen
Skatteetaten
Finanstilsynet
Byrådet i Bergen
Toll- og avgiftsdirektoratet
Finansnæringens Fellesorganisasjon
Handels- og servicenæringens Hovedorganisasjon (No Virke)
COOP Norge
Norske Inkassobyråers forening