Prop. 150 L (2011–2012)

Endringar i forseinkingsrentelova mv. (gjennomføring av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

7 Kompensasjon for inndrivingskostnader

7.1 Føresegnene i direktivet

Etter direktivet artikkel 6 nr. 1 skal medlemsstatane sikre at fordringshavaren, når det skal betalast rente for forseinka betaling i samsvar med artikkel 3 eller 4, får krav på ein fast sum som minimum svarar til 40 euro. Denne summen skal forfalle til betaling utan at det er naudsynt med ei påminning. Summen skal tene til dekning av inndrivingskostnadene som fordringshavaren har hatt sjølv, jf. artikkel 6 nr. 2.

I tillegg til den nemnde summen skal fordringshavaren ha rett til ei rimeleg dekning frå skuldnaren for moglege inndrivingskostnader som overstig den fastsette summen, og som er oppstått på grunn av forseinkinga, jf. artikkel 6 nr. 3. Slike kostnader kan til dømes vere kostnadar ved bruk av advokat eller inkassoføretak.

7.2 Gjeldande rett

7.2.1 Utanrettsleg innkrevjing

Kompensasjon for inndrivingskostnader er i norsk rett regulert i lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven) med tilhøyrende forskrifter.

Etter inkassolova § 17 første ledd pliktar skyldnaren å erstatte fordringshavaren sine «nødvendige kostnader» ved utanrettsleg inndriving. I § 17 andre til fjerde ledd og § 18 er det gjort enkelte unnatak frå dette. Om og i kva mon skuldnaren er ansvarleg for kostnadene fordringshavaren har hatt, må som utgangspunkt vurderast konkret etter inkassolova § 17. Det må først vurderast om det var naudsynt å setje i verk det tiltaket som førte til kostnaden. Deretter må ein ta stilling til om det var naudsynt med ein så høg pris for tiltaket, jf. Ot.prp. nr. 2 (1987-88) side 120.

Inkassoforskrifta (forskrift 14. juli 1989 nr. 562) gir nærmare reglar om ansvaret for utanrettslege inndrivingskostnader. Forskrifta skil mellom to typar satsar: Satsar for gebyrmessig erstatning (inkassoforskrifta kapittel 1) og maksimalsatsar (inkassoforskrifta kapittel 2). Skilnaden er at dei gebyrmessige satsane kan krevjast utan at fordringshavaren treng dokumentere eit konkret tap på grunn av inndrivingstiltaket. Begge typar satsar blir fastsette utfrå ein grunnsats («inkassosatsen»), som for tida er på 620 kroner. Inkassosatsen blir endra årleg i samsvar med utviklinga i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå, jf. inkassoforskrifta § 1-1 tredje ledd.

Fordringshavaren kan krevje gebyrmessig erstatning for spesifikke inndrivingstiltak. Det kan krevjast 1/10 av inkassosatsen for skriftlege purringar og inkassovarsel. For ei betalingsoppfordring som oppfyller vilkåra i inkassolova § 10, kan det krevjast eit beløp lik tre tidelar av inkassosatsen.

Maksimalsatsane set eit tak for erstatningsansvaret til skyldnaren. Desse satsane varierer med storleiken på det kravet som blir drive inn, kor langt ein er komen i inndrivingsprosessen, og om kravet skriv seg frå meirverdiavgiftspliktig verksemd eller ikkje. I forskrifta § 2-4 er det gitt reglar om auke av maksimalsatsane i enkelte tilfelle (t.d. når det blir avtalt ei avdragsordning), og i § 2-5 er det ein unnataksregel om rett til å krevje erstatning for høgare, faktiske kostnader.

7.2.2 Rettsleg innkrevjing

Kostnader ved rettsleg innkrevjing kan ein få dekt etter rettargangslovgjevinga sine føresegner om sakskostnader, jf. inkassolova § 21. Slike føresegner finn ein i lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse §§ 3-1 til § 3-3 og lov 17. juni 2005 nr. 90 om mekling og rettergang i sivile saker (tvisteloven) kapittel 20. Hovudregelen etter tvistelova er at den som vinn saka har krav på full erstatning for sine sakskostnadar frå motparten, jf. tvistelova § 20-2 første ledd. Frå dette følgjer det nærare unnatak i lova.

Etter tvangsfullbyrdelseslova er hovudregelen at saksøkte skal dekkje kostnadene til saksøkjaren dersom saksøkjaren krev det og saka og kostnadene har vore naudsynte, jf. tvangsfullbyrdelseslova § 3-1 første punktum. Også etter tvangsfullbyrdelseslova er det unnatak frå hovudregelen. Etter tvangsfullbyrdelseslova er det gitt forskrifter om fastsetjing av sakskostnader, jf. forskrift 4. desember 1992 nr. 898 om saksøktes sakskostnadsansvar ved tvangsfullbyrdelse.

7.3 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet punkt 6.3 heiter det:

«[…]Førebels vurdering av moglege endringar i norsk rett
[…] Utanrettsleg innkrevjing
Direktivet har eit anna utgangspunkt for kompensasjon for inndrivingskostnader enn den norske inkassolovgivinga. Medan kompensasjon i form av erstatning for inndrivingskostnader etter inkassolova, utover gebyr ved inkassovarsel, fyrst blir aktuelt i dei tilfella skuldnaren ikkje betaler innan fristen i inkassovarslet, skal kompensasjonen etter direktivet artikkel 6 ytast straks skuldnaren svarer renter for forseinka betaling.
Direktivet artikkel 6 nr. 1 fastset at kreditor har krav på eit fast beløp svarande til 40 euro i kompensasjon for kostnader ved inndriving.
Departementet si førebelse vurdering er at ein kan ha ei føresegn i anten inkassolova eller forseinkingsrentelova som gir fordringshavaren rett til ein standardkompensasjon for inndrivingskostnader tilsvarande 40 euro når skuldnaren må svare renter for forseinka betaling etter forseinkingsrentelova. Det kan tale for at ein plasserer ei slik føresegn i forseinkingsrentelova at kompensasjonen vert utløyst i situasjonar kor det vert betalt forseinkingsrenter. På den anna side kan det tale for at ei slik føresegn vert plassert i inkassolova, at kompensasjonen skal tene til dekning av fordringshavaren sine inndrivingskostnader. Departementet har førebels valt å plassere ei føresegn om standardkompensasjon i forseinkingsrentelova, jf. framlegget til ny § 3 a inntatt i høyringsnotatet punkt 11.
Ei korrekt gjennomføring av direktivet synest å krevje at ein gir fordringshavaren rett til standardkompensasjonen uavhengig av dei kompensasjonsreglane som i dag følgjer av inkassolova med forskrifter. Ei anna sak er at det ikkje kan utelukkast å vere behov for ei nærare samordning med inkassoregelverket, mellom anna ved at standardkompensasjonen etter omstenda kan kome i frådrag i kompensasjonen for inndrivingskostnader etter inkassoreglane. For å ta høgde for dette, gjer departementet framlegg om ein heimel til å fastsetje moglege forskrifter om dette, jf. framlegget til ny § 3 a andre ledd.
Etter direktivet artikkel 6 nr. 3 har kreditor, i tillegg til det faste beløpet omhandla i artikkel 6 nr. 1, krav på rimeleg kompensasjon av skuldnaren for moglege kostnader ut over det faste beløpet. Det kan spørjast om omgrepa ‘rimelig kompensation’ og ‘eventuelle yderligere omkostninger’ etter artikkel 6 nr. 3 femner vidare enn omgrepet ‘nødvendige kostnader’i inkassolova § 17. Departementet kan ikkje sjå at justeringane i direktivet sin ordlyd på dette punktet, jamført med ordlyden i 2000-direktivet artikkel 3 nr. 1 bokstav e, skulle innebere at kreditor skal få dekt innkrevjingskostnader som ikkje har vore naudsynte. Departementet legg difor til grunn det same synet som i Ot.prp. nr. 3 (2003-2004) side 24.
Det synest dermed ikkje som at direktivet fordrar endring i lova på dette punktet.
Når det gjeld høvet til inkassolova § 17 andre ledd om skuldnarens innsigelser mot kravet vart det ved gjennomføringa av 2000-direktivet lagt til grunn at direktivet ikkje kravde endringar i norsk rett, jf. Ot.prp. nr. 3 (2003-2004) side 24. Departementet kan for sin del heller ikkje sjå at det nye direktivet gjer det naudsynt med endringar.
[…] Rettsleg innkrevjing
Departementet viser til at direktivet ikkje gir fordringshavaren rett til full erstatning for alle kostnader, men berre ein rett til ‘rimelig kompensation’. Direktivet gir ikkje nærare greie for kva ein skal forstå med ‘rimelig kompensation’, og medlemsstatane må difor ha eit relativt stort spelerom i dette spørsmålet, jf. dei tilsvarande synspunkta som vart lagt til grunn i Ot.prp. nr. 3 (2003–2004) side 25. Departementet si vurdering er førebels at det ikkje vil være naudsynt med endringar i rettargangslovgivinga sine reglar om sakskostnadar.»

7.4 Høyringsfråsegnene

I høyringsfråsegna frå Finanstilsynet heiter det:

«Direktivet forutsetter at standardkompensasjonen skal tilsvare minimum 40 Euro, og at fordringshaver i tillegg har rett til en rimelig erstatning for eventuelle inndrivingskostnader, forårsaket av forsinket betaling fra skyldner, ved bruk av eksempelvis advokat eller inkassoforetak. En forutsetning er at slike kostnader overstiger standard-/minimumkompensasjonen.
På tilsvarende måte som det legges opp til i direktivet med hensyn til standard-/minimumkompensasjonen på 40 Euro, kan fordringshaver i medhold av inkassoforskriften § 1-1 første ledd avkreve skyldner erstatning uten hensyn til de faktiske kostnader. Utgangspunktet for standard-/minimumskompensasjonen etter direktivet er et annet enn hva som ligger til grunn for fordringshavers rett til gebyrmessig erstatning overfor skyldner i medhold av bestemmelsene i inkassoforskriften kapittel 1. Omkostningene etter inkassoforskriften kapittel 1 påløper først ved utsendelse av spesifikke kravbrev som oppfyller bestemte vilkår, jf. inkassoforskriften § 1-2.
Så langt Finanstilsynet kan se, er det i direktivet ikke avklart om standard-/minimumkompensasjonen på 40 Euro rettslig skal anses å være en økonomisk straff/bot overfor skyldner eller om standard-/minimumkompensasjonen skal anses å være en omkostning tilsvarende den som i norsk lovgivning er nedfelt i inkassoloven § 17 og inkassoforskriften kapittel 1 og 2. Dette skyldes antakelig at det innenfor EU-lovgivningen i hovedsak er oppdragsgiver/kreditor som bærer omkostningsrisikoen ved kostnader som påløper ved inndrivelse av forfalte pengekrav.
Det er i høringsnotatet en kort drøftelse om hjemmelen for fordringshaver sin rett til å avkreve en standard-/minimumkompensasjon overfor skyldner som er næringsdrivende skal innplasseres i forsinkelsesrenteloven eller inkassoloven. Finanstilsynet mener at hjemmelen for å avkreve den aktuelle standard-/minimumkompensasjonen bør gjenspeile hvilken rettslig status og konsekvens kompensasjonen innehar. Hvilken lovgivning hjemmelen innplasseres i, bør derfor som et utgangspunkt være avledet av om kompensasjonen er en straff/bot eller omkostning.
Det fremgår av høringsnotatet at en korrekt gjennomføring av direktivet synes å kreve at fordringshaver gis rett til standard-/minimumkompensasjonen på 40 Euro uavhengig av inkassoloven og tilhørende forskrift. Finanstilsynet har ingen kommentarer til dette.
Finanstilsynet mener at det er behov for en nærmere avklaring og samordning mellom forsinkelsesrenteloven og inkassolovgivningen når det gjelder størrelsen på hvilken erstatning fordringshaver kan avkreve skyldner i egenskap av å være næringsdrivende. Ved en slik avklaring-/samordningsprosess er det viktig å bringe på det rene om og eventuelt i hvilken utstrekning standard-/minimumkompensasjonen helt eller delvis skal komme til fradrag ved beregningen av utenrettslige inndrivelseskostnader etter bestemmelsene i inkassolovgivningen. Det ene ytterpunktet i en slik avveining er at standard-/minimumkompensasjonen kommer i tillegg til de utenrettslige kostnadene som skyldner plikter å erstatte etter inkassolovgivningen. Det andre er at kostnadene ved utenrettslig inndriving avkortes med standard-/minimumkompensasjonen.
Selv om det ut fra et tilsynsmessig perspektiv ikke er naturlig å ta stilling til saksforholdet, påpeker Finanstilsynet at en mulig konsekvens av at standard-/minimumkompensasjonen på 40 Euro (eventuelt uten avkortning) kommer i tillegg til kostnadene ved utenrettslig inndriving etter inkassoloven § 17, kan bli at det gjør det mer attraktivt å inndrive egne forfalte pengekrav (egeninkasso) i stedet for at dette skjer via inkassoforetak og advokater underlagt tilsyn. Selv om generalklausulen også gjelder ved inndrivelse av egne forfalte pengekrav, jf. inkassoloven § 8 første ledd, vil det i så fall medføre at en større andel av inndrivingen av forfalte pengekrav, i alle fall overfor skyldnere i egenskap av å værenæringsdrivende, vil kunne skje uten mulighet for innsyn og (etter)kontroll for Finanstilsynet.
En avklaring av rekkevidden og beregningen av ‘fordringshaverens nødvendige kostnader ved utenrettslig inndriving’, jf. inkassoloven § 17 og inkassoforskriften kapittel 1 og 2, sett i forhold til standard-/minimumkompensasjonen nedfelt i forsinkelsesrenteloven, vil uansett ha betydning på flere saksområder. Det vil legge føringer på innretningen av funksjonalitet i inkasso /saksbehandlingssystemer, men det vil også kunne medføre behov for å endre på enkelte av Finanstilsynets rundskriv for inkassoforetak.
Finanstilsynet støtter følgelig forslaget om å fastsette en hjemmel for å kunne gi nærmere regler i forskrift om forståelsen av forsinkelsesrenteloven og inkassolovgivningen når det gjelder størrelsen på hvilken erstatning som kan avkreves næringsdrivende som ledd i utenrettslig inndriving.
Uavhengig av hvilket standpunkt man faller ned på vedrørende samordning mellom forsinkelsesrenteloven og inkassolovgivningen, mener Finanstilsynet at det bør gis regler på hvilket tidspunkt standard-/ minimumkompensasjonen på 40 Euro skal omregnes til norske kroner. Vi kan ikke se at direktivet gir føringer på hvorledes standard-/minimumkompensasjonen i praksis skal fastsettes og således presenteres overfor skyldner.
Flere inkassoforetak har hyppig oppdrag på vegne av utenlandske oppdragsgivere overfor skyldnere som driver virksomhet i Norge, med andre ord inndrivelse av forfalte pengekrav i annen valuta enn norske kroner. I forkant av utsendelse av kravbrev til skyldnere omregnes som hovedregel kravet, herunder utenrettslige inndrivingskostnader, i utenlandsk valuta til norske kroner. Inkassoloven inneholder ingen regler om når en slik omregning skal foretas.
Finanstilsynet viser i den forbindelse til gjeldsbrevloven § 7 hvor det fremgår at betalingsdagens kurs skal være avgjørende. I juridisk teori er det lagt til grunn at gjeldsbrevloven § 7 kan brukes analogisk. Ut i fra dette kan det være rimelig å forvente at fordringshaver og inkassoforetak foretar en omregning fra Euro til norske kroner ut fra valutakursen den dagen kravbrev sendes. Ved en slik praksis sikres det at standard-/minimumkompensasjonen, omregnet til norske kroner, alltid tilsvarer 40 Euro. En underliggende forutsetning for etterlevelse av en slik praksis er at det benyttes daglige valutakurser mellom EUR/NOK.
Dette kan være relativt krevende både for fordringshaver og inkassoforetak. Finanstilsynet erfarer at det kan være problematisk for inkassoforetak å implementere en slik inndrivingspraksis i inkasso-/saksbehandlingssystemer.
En annen løsning kan være at det fastsettes, eksempelvis halvårlig, en fast valutakurs for omregning fra Euro til norske kroner basert på et gjennomsnitt av valutakurser i løpet av et nærmere bestemt antall dager.
Det er anledning til å fravike enkelte bestemmelser i inkassoloven, herunder inkassoloven § 17 første ledd, ved avtale mellom fordringshaver og næringsdrivende skyldnere, jf. inkassoloven § 3. Finanstilsynet kan ikke se at bestemmelsen er til hinder for at standard-/minimumkompensasjonen på 40 Euro utløses straks det begynner å løpe forsinkelsesrenter, men ber om at inkassoloven § 3 tas med i vurderingen av en eventuell avklaring-/samordningsprosess om forståelsen og praktiseringen av inkassolovgivningens bestemmelser sett i forhold til de nye bestemmelsene i forsinkelsesrenteloven.»

Bergen kommune uttalar:

«c. I utkastet til lov legges det til grunn at minimumskompensasjonen til fordringshaver ved forsinket betaling – 40 euro, forfaller til betaling uten at det er nødvendig å fremme en purring fra fordringshavarers side. På dette området savner en imidlertid en nærmere presisering f eks i form av en forskrift av hvordan skyldneren skal forholde seg i slike situasjoner.
d. Offentlig sektor foretar i det alt vesentlige sine anskaffelser i norske kroner. Å etablere en «fast» omregning av 40 euro til norske kroner f eks i en forskrift vil kunne lette offentlig forvaltningsarbeid på dette området.»

Finansnæringens Fellesorganisasjon uttaler:

«FNO mener at der er hensiktsmessig at Justisdepartementet avklarer hvorvidt standardkompensasjonen som foreslås i forsinkelsesrenteloven § 3a, skal komme til fradrag i eventuell kompensasjon for inndrivelseskostnader etter inkassoreglene. En slik avklaring bør foreligge senest på samme tidspunkt som ikrafttredelsen av de ny/endrede reglene.»

Coop Norge uttalar:

«Når det gjelder kompensasjon for inndrivelseskostnader på 40 euro som fordringshaveren har krav på når han kan kreve forsinkelsesrente, så bør dette regnes om til norske kroner med en fast kurs som gjelder for en bestemt periode, for eksempel 6 måneder eller ett år. Kompensasjonsbeløpet i norske kroner kan fastsettes i forskrift. Videre bemerkes det at en kompensasjon på 40 euro kan virke urimelig strengt overfor debitor i tilfeller der han er en eller to dager forsinket med betalingen, og hvor kreditor ikke har sent purring eller inkassovarsel, eller der hvor hovedstolen ikke overstiger kompensasjonsbeløpet. Ordlyden i direktivet synes imidlertid klar på at kreditor har krav på standardkompensasjonen uten unntak. Coop Norge støtter departementets forslag om å plassere den aktuelle bestemmelsen i Lov av 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. ny § 3 a».

Norske Inkassobyråers Forening uttalar:

«I artikkel 6 foreslår 2011 direktivet innføring av regler om kompensasjon for inndrivelseskostnader. Det er uttalt i fortalen at hensikten med bestemmelsene er å styrke kreditors rettigheter samtidig som reglene skal motivere til rettidig betaling ved at reglene gis et pønalt preg.
Når man skal vurdere bestemmelsene foreslått i 2011 direktivet er det viktig å ha i tankene at det innenfor EU ikke eksisterer felles regler i forbindelse med inkasso og tvangsfullbyrdelse. I tillegg er det viktig å huske at kreditorene, før 2000 direktivet trådte i kraft, i svært liten utstrekning kunne kreve inndrivelseskostnader dekket av skyldner. Inkassoomkostninger måtte dekkes av fordringshaver selv, oftest ved at advokat / inkassobyrået fikk en provisjon av innkassert beløp i størrelsesorden 5-25 %. Dette er fremdeles hovedregelen. 2000 direktivet innførte rett til å kreve forsinkelsesrente i tillegg til sjablongmessig inkassoomkostninger stigende fra 40 til 100 €. Krav på forsinkelsesrente og inkassoomkostninger betalt av skyldner var altså så sent som i 2000 direktivet nokså nytt i store deler av EU og møtte stor motstand særlig fra det offentlige selv og fra store bedrifter. I Norge har dette alltid vært en selvfølge og lovregulert siden på midten av 70 tallet.
Resultatet av 2000 direktivet har vært en stor skuffelse for EU og betalingsadferden har snarere blitt dårligere enn bedre. 2011 direktivet må derfor ses på som et innstrammingstiltak med vesentlig pønal karakter. I den utstrekning disse tiltak ikke gir ønsket effekt diskuteres allerede ytterligere innstramminger. Heving av inkassoomkostninger fra 40-100 € til 200-1000 €. Innføring av bot for betalingsmislighold for ledelsen i bedriften - bot som ikke er fradragsberettiget, og krav om at bedriften i årsberetningen må redegjøre for antall bøter og betalingsmislighold, osv. Alt for å løfte kunnskapen om bedriften eller institusjonens betalingsadferd opp på et styrende nivå.
Forskjellen mellom det nåværende norske innfordringssystemet og systemet foreslått i 2011 direktivet er flere, men etter NIFs syn ikke vesentlige.
Etter Inkassoloven § 17 plikter skyldner å erstatte fordringshavers ‘nødvendige’ kostnader. Dette er en ren erstatningsregel i motsetning til det klart pønale avskrekkende element som er i 2011 direktivet. Det er forsinkelsesrentens størrelse som skal være betalingsmotivet etter norsk rett hvor denne skal gi en finansiell normalerstatning pluss et avskrekkende element. Fordringshavers inkassoomkostninger etter 2011 direktivet kan kreves dekket før de er pådratt og uaktet om omkostninger pådras, - det pønale elementet. Inkassoloven gir fordringshaver krav på en sjablongmessig erstatning etter hvert som den lovbestemte purrerutinen gjennomføres.
Fordringshavers erstatningskrav etter 2011 direktivet vil, bortsett fra forfallstidspunktet, være tilnærmet likt med krav etter Inkassoloven ved egeninkasso. Etter Inkassoloven kan Fordringshaver kreve dekket 1/10 IS for hver av de inntil to utsendte varsler samt 3/10 IS for betalingsoppfordring utsendt av fordringshaver. I kroner blir dette 61+61+183=305. Etter 2011 direktivet vil fordringshaver kunne kreve dekket 40 € ca. NOK 310. Både i Inkassoloven og i 2011 direktivet er det et tosporet system som gir fordringshaver rett til å kreve dekket kostnader ifm. eget arbeid i innfordringsprosessen og omkostninger i forbindelse med å engasjere ekstern advokat / inkassator jfr. Inkassoforskriften kap. 1 og 2 og 2011 direktivet art. 6.3 og fortalen pkt. (20).
I fortalens pkt. (19) fremgår det klart at medlemslandene kan velge andre løsninger enn å kumulere inndrivelsesomkostninger med forsinkelsesrenten. ‘Rimelig kompensation til kreditorer for de inddrivelsesomkostninger, der er påløbet på grund af forsinket betaling, er nødvendig for at modvirke forsinket betaling. Inddrivelsesomkostninger bør også omfatte inddrivelse af administrative omkostninger og kompensation for interne omkostninger, som er påløbet på grund af forsinket betaling, for hvilke dette direktiv bør fastsætte et fast minimumsbeløb, som kan kumuleres med mora- renter.’ Likeledes fremholdes det i samme punkt at reglene skal ta hensyn til nasjonale regler. ‘Kompensation for omkostningerne ved inddrivelse bør fastsættes med forbehold af de nationale bestemmelser, hvorefter en national ret kan tilkende kreditor kompensation for yder- ligere lidt skade i forbindelse med skyldners forsinkede betaling.’
I tillegg henvises det i 2011 direktivet i fortalen pkt (4) til en rekke forordninger som bygger opp rundt selve innfordringsløpet i den hensikt å forenkle dette ved grenseoverskridende krav. ‘Rådets forord- ning (EF) nr. 44/2001 af 22. december 2000 om retternes kompetence og om anerkendelse og fuldbyr- delse af retsafgørelser på det civil- og handelsretlige område (4), Europa-Parlamentets og Rådets forordning (EF) nr. 805/2004 af 21. april 2004 om indførelse af et europæisk tvangsfuldbyrdelsesdokument for ubestridte krav (5), Europa-Parlamentets og Rådets forordning (EF) nr. 1896/2006 af 12. december 2006 om indførelse af en europæisk betalingspåkravsprocedure(6) og Europa- Parlamentets og Rådets forordning (EF) nr. 861/2007 af 11. juli 2007 om indførelse af en europæisk småkravs- procedure (7).’ Disse forordninger er så vidt NIF er kjent med heller ikke implementert i norsk rett, formodentlig fordi man ikke her heller har sett det nødvendig eller ønskelig med bakgrunn at dette er ivaretatt av andre eksisterende regler.
[…]
Med bakgrunn i ovenstående er NIF av den oppfatning at det verken er ønskelig eller faktisk eller rettslig nødvendig å gjøre noen endringer i norsk rett i relasjon til bestemmelsen i direktivets artikkel 6. NIF vil hevde at de bærende hensyn bak direktivets forslag allerede er vel ivaretatt i norsk rett. NIF er i tillegg av den oppfatning at en implementering kan få utilsiktede og negative konsekvenser for det någjeldende velfungerende innfordringsregimet som følger av dagens inkassolovgivning.
[…]
I den utstrekning departementet kommer til at Norge er rettslig forpliktet til å implementere 2011 direktivets artikkel 6 i norsk rett er NIF enig i at bestemmelsen plasseres som foreslått i Forsinkelsesrenteloven § 3 a. Dette forutsetter imidlertid at forsinkelsesgebyret, 40 €, blir å betrakte og behandle som en ‘ekstrarente’, i tillegg til forsinkelsesrenten, som sjablongmessig dekning av utenrettslige inndrivelsesomkostninger på fordringshavers hånd. I dette ligger at forsinkelsesgebyret da blir en del av rentekravet og som sådan ikke rentebærende (rentes rente), jfr. fortalens pkt. (15) ‘simpel rente’. Videre at det av forsinkelsesgebyret, i likhet med forsinkelsesrenten, ikke beregnes mva. En slik løsning vil harmonere med behandlingen av de kostnadene forsinkelsesgebyret skal erstatte, nemlig purreprosessens omkostninger, Inkassoforskriftens §§. 1-2 og 1-3, som også i dag ikke er gjenstand for mva beregning.
Kjøres egeninkassoprosessen fullt ut iht. Inkassoforskriftens § 1-2, kan fordringshaver i dag kreve en omkostningsdekning på 5/10 IS, dvs. 305 kr. Etter en implementering av 2011 direktivet må dette erstattes av forsinkelsesgebyret hvor 40 €, i skrivende stund pga. sterk krone, vil være NOK 305,70. Dette medfører at hoveddelen av Inkassoforskriftens kapittel 1 kun vil gjelde der skyldner er forbruker.
Hvis man skal implementere 2011 direktivet i norsk rett må hensikten være et ønske om å skape et ytterligere betalingsmotiv ved næringstransaksjoner inkludert transaksjoner med det offentlige. Slik direktivet er bygget opp gjøres dette ved at reaksjonen skal ha et klart pønalt preg og ikke kun dekke faktiske kostnader. Det faktum at erstatningen forfaller uten varsel ved fordringens forfall, og uten at omkostninger på dette tidspunkt er pådratt, understreker direktivets hensikt.
Av denne grunn er NIF av den oppfatning at forsinkelsesgebyret ikke skal inngå i maksimalberegningen i Inkassoforskriftens §§ 2-2 til 2-5 slik purregebyret gjør i dag. Til dette kreves en presisering i Inkassoforskriftens § 2-1 hvor forsinkelsesgebyret i Forsinkelsesrentelovens § 3 a unntas i første setning.
I den utstrekning man konkluderer med at forsinkelsesgebyret trer isteden for gebyrerstatning iht. Inkassoforskriftens kap.1 og ikke inngår i maksimalberegningen i Inkassoforskriftens § 2- 1, kan NIF ikke se at det er nødvendig med den foreslåtte forskriftshjemmel i Forsinkelsesrentelovens § 3 a, 2. avsnitt.
[…]
NIF er av den oppfatning at det er særs vanskelig å ta stilling til et lovforslag hvor det faktiske og økonomiske resultatet skjules i en forskriftshjemmel. NIF er enige med Departementet når de i høringsnotatet sier: ‘Ei korrekt gjennomføring av direktivet synest å krevje at ein gir fordringshavaren rett til standardkompensasjonen uavhengig av dei kompensasjonsreglane som i dag følgjer av inkassolova med forskrifter.’ Under enhver omstendighet burde Departementet nærmere ha gjort rede for Departementets tanker for forskriftshjemmelen, og hvis denne skal benyttes bør dette skje samtidig med implementering og at dette også sendes på normal høring. Ved en etappevis utvikling som foreslått, hvor lovhjemmelen kommer først og forskriftens innhold etterpå, vil man på Inkassolovens område ikke ha oversikt over de økonomiske konsekvensene før siste punktum er satt - og det er uheldig.
[…]
En praktisk gjennomføring av forsinkelsesgebyret forutsetter etter NIFs syn at gebyret omregnes til norske kroner. Det er helt upraktisk å tenke seg dette blir gjort på kravstidspunktet i hvert enkelt tilfelle. Vi foreslår derfor at 40 omregnes til NOK ifm. fastsettelse av den halvårlige forsinkelsesrentesatsen i Forsinkelsesrentelovens § 3.»

7.5 Departementets vurdering

Departementet forstår direktivet slik at medlemsstatane må sørgje for at fordringshavaren får rett til ein standardkompensasjon som svarar til minst 40 euro når retten til renter ved forseinka betaling inntrer. Fortalen i direktivet punkt 19 viser, slik departementet ser det, berre at fordringshavaren kan krevje både forseinkingsrenter og kompensasjon for inndrivingskostnadane, jf. høyringsfråsegna frå Norske Inkassobyråers Forening. Etter departementets syn er direktivet artikkel 6 klår på dette punktet, sidan retten til kompensasjon oppstår «når forsinkelsesrente skal betales». Når det gjeld forordningane 44/2001, 805/2004, 1986/2006 og 861/2007, som Norske Inkassobyråers Forening peikar på i si høyringsfråsegn, viser departementet til at dei ikkje er gjennomførte i norsk rett av den grunn at dei ikkje fell inn under verkeområdet til EØS-avtala.

Departementet er samd i fråsegnene frå fleire av høyringsinstansane om at det er behov for ei klår regulering av mellom anna forholdet til reglane for kompensasjon ved utanrettsleg inndriving av krav etter inkassoreglane. Departementet held etter dette fast ved framlegget om ein heimel for å regulere aktuelle samordningsspørsmål i forskrift.

Departementet vurderer det slik at det for å ivareta rettane som fordringshavarane har etter direktivet, er naudsynt å sikre at dei til ein kvar tid vil ha rett til ein standardkompensasjon som svarar til minst 40 euro. Departementet føreslår difor at ein lovfestar denne retten. Departementet foreslår samstundes ein lovheimel for i forskrift å fastsetje denne kompensasjonen i norske kroner. Standardkompensasjonen som vil bli fastsett i forskrift, vil, for å vere sikker på å oppfylle direktivets krav, måtte liggje i overkant av omrekningskursen for 40 euro. Departementet ser for seg at den norske satsen blir fastsett i forskrift, ved regelbundne intervall, til dømes kvar gong ein fastset storleiken på forseinkingsrenta. Dei nærare reglane for fastsetjing av kompensasjonen i norske kroner, herunder tidspunkt og grunnlag for omrekninga, vil framgå av forskrift.

Departementet legg til grunn at sjølv om retten til ein standardkompensasjon på 40 euro oppstår for fordringshavaren i det skyldnaren skal svare forseinkingsrente, utan at det er naudsynt med ei purring eller anna påminning, vil kravet på kompensasjonen forfalle til betaling i samsvar med alminnelege pengekravsrettslege reglar. Dersom forfallstida for standardkompensasjonen ikkje er fastsett i avtala mellom partane, vil kravet på kompensasjonen med andre ord først forfalle til betaling ved påkrav frå fordringshavaren, jf. den alminnelege regelen i gjeldsbrevlova § 5. Lovframlegget her er utforma i tråd med dette. På same vis vil kravet på standardkompensasjon vere gjenstand for forelding i samsvar med alminnelege formuerettslege reglar.

Direktivet krev at medlemsstatane skal sikre at fordringshavaren har visse rettar. I så måte gir direktivet eit visst ufråvikeleg vern av fordringshavaren. Sjølv om utgangspunktet er full avtalefridom i avtaler mellom føretak, vil det vere naudsynt å ta inn i lova at visse føresegner ikkje kan fråvikast til skade for fordringshavaren. At ein ikkje kan fråvike ei føresegn i avtala, tyder likevel ikkje at fordringshavaren må nytte rettane sine etter lova og direktivet. Det vil til dømes vere opp til fordringshavaren om han eller ho vil krevje dei rettane dei har etter lova. I ny § 3 a tredje ledd og 4 a nytt tredje ledd er det tatt inn reglar om at paragrafen ikkje kan fråvikast til skade for fordringshavaren.

Til forsida