1 Innhaldet i proposisjonen
Fiskeri- og kystdepartementet foreslår i denne proposisjonen å oppheve lov 8. juni 1984 nr. 52 om avgift på hermetikk (heretter hermetikkavgiftsloven). Slik forskrift 11. oktober 2000 nr. 1056 om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen nå lyder, er hermetikkavgifta i praksis allereie avvikla, med den følgje at alle eksportørar av hermetikk no betaler FoU-avgift til Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond (FHF). Hermetikkavgiftsloven har dermed ikkje lenger noko å seie og bør opphevast.
Fiskeri- og kystdepartementet fremjar vidare forslag om å oppheve kravet om samrøystes vedtak i styret i FHF og innføre reglar om vedtak ved alminneleg fleirtal. Dette krev endring i lov 7. juli 2000 nr. 68 om avgift til forskning og utvikling i fiskeri-og havbruksnæringen.
Vidare er det forslag i denne proposisjonen om endring i lov 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer (heretter fiskeeksportloven) som inneber at Eksportutvalget for fisk AS endrar namn til Norges sjømatråd AS (Sjømatrådet), då dette fortel betre kva som er selskapet sitt totale verkeområde.