2 Oppheving av hermetikkavgiftsloven
2.1 Bakgrunn for forslaget
Innkrevjing av FoU-avgift på fisk og fiskevarer blir regulert av forskrift 11. oktober 2000 nr. 1056 om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen. Tidlegare gjekk det fram av § 5 i forskrifta at det ikkje skulle svarast FoU-avgift av varer som var omfatta av hermetikkavgiftsloven. § 5 er no endra slik at alle eksportørar av hermetikk betaler FoU-avgift til Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond (FHF) på lik linje med andre eksportørar av fisk og fiskevarer. Det vart allereie ved etableringa av FoU-avgifta varsla at det skulle vurderast å innlemme hermetikkavgifta i FoU-avgifta. I St.prp. nr. 1 (2008-2009) for Fiskeri- og kystdepartementet vart det mellom anna varsla at
”Hermetikkavgifta og frivillig avgift til Sildolje- og sildemelindustriens forskningsinstitutt er ikke en del av FHF. Fiskeri- og kystdepartementet vil i forbindelse med oppfølginga av evalueringa ta initiativ til at disse innlemmes i FHF”.
Dette er følgd opp ved at forskrift om FoU-avgift i fiskeri- og havbruksnæringen er endra, og at den tilhøyrande forskrifta til hermetikkavgiftsloven er oppheva. Lova har dermed ikkje lenger noko praktisk å seie, og bør difor opphevast.
2.2 Høyring
Fiskeri- og kystdepartementet sende 2. oktober 2009 forslag til diverse forskriftsendringar knytte til eksport av fisk og fiskevarer på høyring. Høyringa inkluderte også forslaget om å avvikle hermetikkavgifta og innlemme varer som svarar hermetikkavgift i FoU-avgifta. Høyringsfristen var 16. november 2009, og saka vart sendt til følgjande instansar:
Finansdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Utanriksdepartementet
Fiskeridirektoratet
Toll- og avgiftsdirektoratet
Eksportutvalget for fisk AS
Innovasjon Noreg
Nofima
Stiftelsen Norconserv
Finansnæringens hovedorganisasjon
Landsorganisasjonen
Næringslivets hovedorganisasjon
Fiskekjøpernes Foreining
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening
Norges Fiskarlag
Norges Kystfiskarlag
Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund
Norges Råfisklag
Norges Sildesalgslag
Norske Sjømatbedrifters Landsforening
Sparebankforeningen
Bivdi
Landsdelsutvalget
Rogaland Fiskesalgslag
Skagerakfisk
Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag
Vest-Norges Fiskesalslag
Ingen av høyringsinstansane har hatt innvendingar mot at hermetikkavgifta blir avvikla. Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund og Stiftelsen Norconserv støttar forslaget, men ber om at det blir øyremerkt tilsvarande middel for å sikre langsiktig kunnskapsutvikling og kompetanseoppbygging ved Nofima Norconserv. Nofima foreslår at det blir øyremerkt middel gjennom Noregs forskingsråd for å kompensere for bortfall av delar av grunnløyvinga til Nofima.
2.3 Departementet si vurdering
Departementet meiner det er tenleg at FoU-avgifta no er harmonisert, slik at alle eksportørar av fisk og fiskevarer betaler FoU-avgift til FHF. Dette gir eit meir heilskapleg, enklare og oversiktleg system.
Ved å avvikle hermetikkavgifta og innlemme hermetikk i FoU-avgifta slepp ein å betale FoU-avgift for innanlands omsetning av hermetikk. Dette gjeld størstedelen av dagens hermetikkproduksjon. For eksport av hermetikk har FoU-avgifta same sats som hermetikkavgifta, og dermed fører dette ikkje til endra avgiftsnivå.
Sjølv om omlegginga til FoU-avgift for hermetikk fører til at Stiftelsen Norconserv ikkje lenger er ”tildelar” av FoU-midlane, bør FoU-behovet til næringa kunne takast vare på gjennom Nofima sin eigen dialog med næringa og via FHF sine føringar for kjøp av strategisk forsking i Nofima. Fiskeri- og kystdepartementet vil også måtte vurdere nivået for basisløyvingar for Nofima i åra som kjem.
2.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
FoU-avgift på eksport av varer som var omfatta av hermetikkavgifta tilsvarar tidlegare nivå på hermetikkavgifta (0,3 pst.). Alle varer som før var omfatta av hermetikkavgifta og som vart omsette innanlands, er fritekne frå avgift og har dermed fått ein avgiftslette.
Hermetikkavgifta gav om lag 2-3 mill. kroner i årlege inntekter til Nofima Norconserv. Isolert sett får det å fjerne avgifta noko å seie for Nofima. På den andre sida bidreg FHF med eit vesentleg kjøp av forskingstenester til Nofima gjennom samarbeidsavtalen mellom FHF og Nofima. Det er difor å vente at eit slikt bortfall av avgift ikkje vil ha vesentlege negative verknader.