3 Endring i lov om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen (oppheving av kravet om samrøystes vedtak)
3.1 Bakgrunn for forslaget
Det følgjer av lov om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen § 3 andre ledd at ”Beslutninger fattet av styret må være enstemmige. Dersom slik enstemmighet ikke oppnås, skal saken legges frem for departementet til endelig avgjørelse”. Tilsvarande følgjer av forskrift om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen § 2 fjerde ledd. Dette inneber at i dag må alle i styret vere einige om dei vedtaka som blir gjorde.
FHF vart evaluert i 2006 (Rapport 6/2006 (NIFU STEP no NIFU)). Eit av poenga i evalueringa var at styret i FHF bør gjerast mindre avhengig av konsensus. Evalueringa vart sendt på brei høyring 27.11.2006, og fleire endringar er gjorde i forskrift om FoU-avgift i fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet meiner det er naturleg å følgje opp dette ved å oppheve kravet om samrøystes styrevedtak. Bakgrunnen for dette er, som det også går fram av evalueringa, at dette kravet kan hindre nødvendig nyorientering. Gode rammevilkår for nyorientering er etter departementet sitt syn svært viktig for eit styre som skal utarbeide strategiar for bruk og fordeling av FoU-midlar. Krav om samrøystes vedtak kan medverke til manglande handlekraft og hindre nødvendige vedtak, og dermed hemme nyorientering. Konsensusprinsippet kan også føre til at drøftingane i styret blir mindre opne, med den følgja at viktige forhold ved ei sak blir tilslørte. Andre forskingsfinansierande offentlege ordningar har ikkje tilsvarande krav. Ei endring i tråd med ordningane for tilsvarande organisasjonar kan styrkje legitimiteten til FHF. På denne bakgrunnen meiner departementet at det ikkje er tenleg å halde på den noverande ordninga med krav om samrøystes vedtak i FHF.
3.2 Høyring
Fiskeri- og kystdepartementet sende den 9. februar 2011 forslag om oppheving av konsensusprinsippet til følgjande instansar:
Innovasjon Noreg
Noregs forskingsråd
Landsorganisasjonen
Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening
Norges Fiskarlag
Norges Kystfiskarlag
Norges Nærings og Nytelsesmiddelarbeiderforbund
Norske Sjømatbedrifters Landsforening
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, Norske Sjømatbedrifters Landsforening, Landsorganisasjonen og Fiskarlaget støttar forslaget om å oppheve konsensusprinsippet, og det har ikkje kome innvendingar mot forslaget.
3.3 Departementet si vurdering
Departementet foreslår å innføre eit alminneleg fleirtalskrav for vedtak i styret. Det er mest tenleg at dette blir gjort ved at § 3 andre ledd i lov om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen blir oppheva, og at dei nærare og meir detaljerte føresegnene om styret får plass i forskrift om FoU-avgift i fiskeri- og havbruksnæringen § 2. Lov om avgift til forskning og utvikling i fiskeri-og havbruksnæringen § 5 gir departementet heimel til å gi nærare forskrifter om styret. Departementet vil på denne bakgrunnen foreslå at forskrift om FoU-avgift i fiskeri- og havbruksnæringen § 2 fjerde ledd blir erstatta med eit nytt ledd med følgjande ordlyd: En beslutning av styret krever flertall av de avgitte stemmer. Står stemmetallet likt, gjelder det som styreleder slutter seg til. Endringa inneber at det er tilstrekkeleg med alminneleg fleirtal for at styret kan gjere vedtak. Dersom stemmetalet står likt har styreleiaren dobbeltstemme. Dette tilsvarar ordninga i aksjeloven. Endringa i forskrifta vil bli gjort etter at § 3 andre ledd i lov om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen har vorte oppheva.
3.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget kan føre til mindre administrativ byrde for departementet ved at det ikkje lenger er behov for reglane om at saka skal leggjast fram for departementet dersom eit vedtak ikkje er samrøystes. Vidare blir det vurdert slik at forslaget ikkje får negative økonomiske eller administrative konsekvensar.